2 Dagens situasjon og omtale av utbygginga
Ferja mellom Kvellandstrand og Launes har ei overfartstid på 5 minutt. På vekedagane er det 24 daglege avgangar, og i helgene nokre færre. Ferja er ikkje i drift i tidsrommet mellom kl. 02.30 og 06.30 natt til søndagar og mellom kl. 23.30 og kl. 06.30 andre dagar. Årsdøgntrafikken er på 330 køyretøy, der arbeids- og fritidsreiser mellom Hidra og Flekkefjord utgjer hovuddelen. Betre kommunikasjon og nærleiken til Flekkefjord sentrum (10 km) gjer at det kan ventast ein auke i arbeidspendlinga etter at fastlandssambandet er bygd, jf. figur 2.1. Hidra er også eit attraktivt rekreasjonsområde, og det er venta ein auke i fritidsreiser.
Prosjektet omfattar bygging av om lag 3,5 km ny tofelts veg med vegbreidde 8,5 m, inkl. ein undersjøisk tunnel på 3,2 km, jf. figur 2.1. Tunnelen har maksimal stigning på 10 pst. og største djupn er 125 m under havnivå. Bortfall av vente- og ombordstigningstid vil korta ned reisetida frå om lag 20 til under fem minutt.
Reguleringsplanen for prosjektet blei vedteken av Flekkefjord kommunestyre 26. februar 2009. Kostnadsoverslaget er 334 mill. 2009-kr, inkl. 3 mill. kr til bygging av bomstasjon. Omrekna til 2010-prisnivå blir kostnadsoverslaget 345 mill. kr. Samfunnsøkonomisk netto nytte (NN) for prosjektet er rekna til om lag 97 mill. kr og netto nytte over totale kostnader (NN/K) til om lag 0,9.