5 Finansieringsopplegg
Det er planlagt å starta anleggsarbeida våren 2011, med fullføring hausten 2013. Finansieringsplanen byggjer m.a. på følgjande element:
Årlege fylkeskommunale løyvingar med utgangspunkt i innsparte ferjetilskot
Ordinære fylkeskommunale midlar
Bompengar
Lokalt tilskot
5.1 Innsparte ferjetilskot
Det er lagt til grunn at innsparte ferjetilskot, som følgje av at dagens ferjesamband mellom Kvellandstrand og Launes blir lagt ned, skal nyttast til delfinansiering av prosjektet. Det er rekna med 75 mill. kr i innsparte driftstilskot og 125 mill. kr i innsparte kapitalkostnader i 2010-prisnivå. Etter gjeldande retningslinjer skal det årlege innsparte driftstilskotet berre prisjusterast fram til forskottering av midlane skjer, medan kapitaltilskotet skal prisjusterast med 2,5 pst. pr. år. Fylkeskommunen har vedteke at framtidige innsparte ferjetilskot på 200 mill. kr skal innarbeidast i fylkeskommunen sin økonomiplan frå det tidspunktet ferja blir lagt ned. Dette skal utbetalast i løpet av maksimalt 20 år. Av omsyn til rentekostnadene for bompengeselskapet legg finansieringsplanen til grunn at utbetalinga skjer med minimum 10 mill. kr årleg til heile summen er betalt.
5.2 Ordinære fylkeskommunale midlar
Vest-Agder fylkeskommune har vedteke å nytta 37 mill. kr i ordinære fylkesvegmidlar til prosjektet. I finansieringsplanen er det lagt opp til løyvingar i 2011, 2012 og 2013.
5.3 Bompengar
Det er lagt opp til etterskotsinnkrevjing av bompengar i ein ubemanna bomstasjon på Kvellandstrand på fastlandet, jf. figur 2.1. Det er føresett innkrevjing i køyreretninga mot Hidra med ein takst for tur-/returreise på 220 kr for lette køyretøy og 440 kr for tunge køyretøy. I dag er ferjetaksten 53 kr for personbil og 23 kr for passasjerar kvar veg. Dette gjev ein takst på 152 kr pr. personbil med ein vaksen passasjer for ei tur-/returreise før rabatt. Ein stor del av trafikken vil derfor få takstauke. Det er føresett at bompengetakstane blir justerte i samsvar med prisutviklinga.
Det er rekna med at om lag 80 pst. av trafikken vil vera abonnentar med 50 pst. rabatt, då sambandet i hovudsak tener lokaltrafikken mellom Hidra og Flekkefjord. Det er lagt til grunn 4 pst. tungtrafikk. Dette gjev ei gjennomsnittleg betaling pr. passering på om lag 154 kr. Gjennomsnittleg rabatt vil då vera om lag 40 pst. Det er lagt til grunn bompengeinnkrevjing i om lag 19 år, frå hausten 2013 til 2032. For ferjeavløysingsprosjekt er alternativet å betala ferjebillett så lenge sambandet blir oppretthalde. I tråd med det som har vore lagt til grunn for fleire andre ferjeavløysingsprosjekt, tilrår Statens vegvesen at det blir akseptert å leggja til grunn om lag 19 års bompengeinnkrevjing for fv 469 Hidra fastlandssamband.
Det er rekna med at bompengeinntektene vil gje eit samla finansieringsbidrag på 180 mill. 2010-kr, fordelt med 99 mill. kr til å dekka delar av investeringskostnadene og 81 mill. kr til å dekka finansieringskostnader, inkl. kostnadene ved forskotteringa. I tillegg kjem om lag 39 mill. kr til å dekka innkrevjingskostnader og drift av bompengeselskapet.
5.4 Lokale tilskot
Flekkefjord kommune har vedteke å løyva 7 mill. kr til prosjektet.
5.5 Forslag til finansieringsplan
Prosjektet er kostnadsrekna til 345 mill. kr, omrekna til 2010-prisnivå. Finansieringsplanen som er lagt til grunn, er vist i tabell 5.1.
Finansieringsplan
Mill. 2010-kr | |
---|---|
Forskottering – innsparte fylkeskommunale tilskot til ferje | 200 |
Ordinære fylkeskommunale midlar | 37 |
Bompengar1 | 99 |
Lokale tilskot | 7 |
Sum | 345 |
1 I tillegg kjem bompenger til dekking av finansierings- og innkrevjingskostnader og drift av bompengeselskapet
Eventuell kostnadsauke og/eller redusert inntening
Ein eventuell kostnadsauke er føresett dekka i samsvar med gjeldande retningslinjer for bompengeprosjekt. For tidlegare vedtekne prosjekt der alternativ bruk av ferjetilskot inngår i finansieringsplanen, er det lagt til grunn at det berre er dei ordinære statlege midlane som skal reknast som statleg del i denne samanhengen. Statens vegvesen legg same modell til grunn for dei fylkeskommunale midlane. Det er føresett 37 mill. kr i ordinære fylkeskommunale midlar, noko som utgjer 11 pst. av den samla investeringa. Følgjeleg skal fylkeskommunen dekka 11 pst. av ein eventuell kostnadsauke på inntil 10 pst. medan bompengeselskapet skal dekka 89 pst. Kostnadsauke ut over 10 pst. er føresett dekka fullt ut av fylkeskommunen.
Dersom økonomien i prosjektet blir dårlegare enn rekna med, vil bompengeselskapet etter avtale med Vegdirektoratet kunna auka takstane med inntil 20 pst. ut over prisstigninga og forlenga innkrevjingsperioden med inntil 5 år.
Eventuell kostnadsreduksjon og/eller auka inntening
Dersom innkrevjingsperioden ligg an til å bli lengre enn 15 år, er det lagt til grunn at eventuelle kostnadsreduksjonar skal vera med på å redusera innkrevjingsperioden. Dersom innkrevjingsperioden ligg an til å bli kortare enn 15 år, er det føresett at eventuelle innsparingar skal godskrivast fylkeskommunen.
Auka inntening er føresett å bidra til å redusera bompengeperioden, uavhengig av om perioden med etterskotsinnkrevjing vil bli over eller under 15 år. Dersom nedbetalingstida blir under 19 år, føreset departementet at fylkeskommunen reduserer tilbakebetalingsperioden for ferjetilskotet tilsvarande, slik at ikkje driftsperioden for bompengeselskapet blir lenger enn naudsynt.
5.6 Andre føresetnader for finansieringsplanen
Følgjande basisføresetnader er lagt til grunn for finansieringsanalysen:
Årsdøgntrafikk på 420 kjøretøy i opningsåret 2013
Årleg trafikkvekst på 1,6 pst. frå 2008, 1,3 pst. frå 2014, 1,8 pst. frå 2020 og 0,7 pst. frå 2030
Årlege innkrevjingskostnader på 2,0 mill. kr
Lånerente på 5 pst. garantert av fylkeskommunen
Årleg prisstigning på 2,5 pst.
Statens vegvesen tilrår at opplegget med at fylkeskommunen garanterer for at lånerenta ikkje skal overstiga 5 pst. blir akseptert, og har lagt dette til grunn i finansieringsopplegget. Med desse føresetnadene er innkrevjingsperioden rekna til om lag 19 år.
Det er også rekna på eit alternativ med følgjande pessimistiske føresetnader:
Kostnadsauke på 10 pst.
Årsdøgntrafikk på 390 kjøretøy i opningsåret (halvert eingongsvekst)
Halvering av den årlege trafikkveksten
Innkrevjingskostnadene blir auka med 50 pst.
Takstauke på 20 pst. etter 2 år.
Med desse føresetnadene er innkrevjingsperioden rekna til om lag 24 år, dvs. ein auke på om lag 5 år.
5.7 Garanti
Som det går fram av pkt. 3 har Vest-Agder fylkeskommune fatta vedtak om garanti for eit bompengelån på inntil 350 mill. kr. Den fylkeskommunale garantien må godkjennast av Kommunal- og regionaldepartementet før anleggsstart. Kommunal- og regionaldepartementet uttalar at departementet kan godkjenna dette vedtaket etter Stortinget si handsaming av saka. Garantien vil først komma til utbetaling dersom gjelda ikkje er mogleg å handtera etter at takstane er auka med 20 pst. og bompengeperioden forlenga med inntil 5 år.