6 Samferdselsdepartementet si vurdering
Hidra fastlandssamband vil betra kommunikasjonen for øysamfunnet Hidra og gje redusert tidsbruk for arbeids- og fritidsreiser mellom Hidra og Flekkefjord. Sambandet vil leggja betre til rette for busetnad og meir arbeidspendling, utvikling av reiselivtenester og fritidsaktivitet.
I tråd med det som har vore lagt til grunn for fleire andre ferjeavløysingsprosjekt, går perioden med bompengeinnkrevjing ut over 15 år, som normalt er den maksimale innkrevjingsperioden. For ferjeavløysingsprosjekt er alternativet å betala ferjebillett så lenge sambandet blir oppretthalde. Samferdselsdepartementet sluttar seg til Statens vegvesen si tilråding om å akseptera om lag 19 års bompengeinnkrevjing.
Etter forvaltningsreforma er Vest-Agder fylkeskommune ansvarleg for denne strekninga, og finansieringa av Hidra fastlandssamband blir følgjeleg eit fylkeskommunalt ansvar. I dei lokale vedtaka og i finansieringsopplegget er det føresett at prosjektet skal delfinansierast gjennom framtidige innsparte ferjetilskot på 200 mill. kr, som følgje av at dagens ferjesamband mellom Kvellandstrand og Launes blir lagt ned. Dette inneber at fylkeskommunen er ansvarleg for å løyva desse midlane over ein periode på makimalt 20 år. Samferdselsdepartementet sluttar seg til det skisserte opplegget for finansiering gjennom innsparte ferjetilskot, med prisjustering etter gjeldande retningslinjer.
I fylkeskommunen sitt vedtak er det føresett at ferjetilskotet til fylkeskommunen ikkje blir redusert som følgje av at ferja til Hidra blir erstatta med fastlandssamband, jf. kap. 3. I tillegg finn fylkeskommunen det rimeleg med statleg medansvar ved kostnadsauke og redusert inntening. Som følgje av forvaltningsreforma har fylkeskommunane teke over ansvaret for fylkesvegnettet. Finansieringa av Hidra fastlandssamband er følgjeleg eit fylkeskommunalt ansvar, uavhengig av storleiken på framtidige statlege overføringar til fylkeskommunen. Samferdselsdepartementet føreset vidare at det skisserte opplegget for handtering av eventuelle endringar i kostnader og/eller inntening blir følgt. Dette inneber at fylkeskommunen er ansvarleg for å dekka føresett del av ein eventuell kostnadsauke opp til 10 pst. og all kostnadsauke ut over 10 pst. Gjennom vedtaket om å stilla garanti for bompengelånet er fylkeskommunen også ansvarleg dersom prosjektet ikkje let seg nedbetala etter takstauke på inntil 20 pst. og forlenging av innkrevjingsperioden med inntil 5 år.
Departementet aksepterer opplegget som er lagt til grunn med at fylkeskommunen garanterer for at lånerenta ikkje skal overstiga 5 pst. Dette inneber at det ikkje er naudsynt å stilla krav om å inngå renteavtale.