1 Hovudinnhaldet i proposisjonen
Justis- og politidepartementet legg med dette fram forslag til endringar i politilova (om politivedtekter, og om sakshandsaming og kompetanse ved fiktiv identitet), ei endring i passlova (rett til pass) og ei endring i utlendingslova (rettshjelp).
Forslaget om å endre politilova § 14 om politivedtekter medfører at kommunane får heimel til å handheve føresegnene om reinhald og vintervedlikehald i § 14 første ledd nr. 1 og 2. Tidlegare har det berre vore politiet som har handheva desse føresegnene, men sidan høvesvis 2004, 2005 og 2007 har Oslo kommune, Trondheim kommune og Bergen kommune praktisert slik handheving med heimel i forsøkslova. Ordninga er frivillig, slik at kvar einskild kommune kan velje å nytte ordninga eller ikkje.
Vidare vert det føreslått ei endring i politilova § 14b om sakshandsaming og kompetanse ved fiktiv identitet. Endringa vil medføre at Politidirektoratet får ein klar heimel til å delegere politifaglege og administrative oppgåver til Kripos.
I tillegg vert det føreslått ei endring i passlova § 1 tredje ledd om rett til pass slik at det også omfattar reisebevis for flyktningar. Vidare vert tilvisinga til ny utlendingslov justert slik at ho viser til den fullstendige tittelen på lova.
Endeleg vert det føreslått ei endring i utlendingslova § 92 om rettshjelp. Endringa inneber at det ikkje blir gitt rett til fritt rettsråd utan behovsprøving i saker om utvising etter § 122.