3 Om forslaget til endring i politilova § 14b
3.1 Gjeldande rett
Politilova kapittel II a (reglar om fiktiv identitet) vart lagt til ved lov 20. desember 2002 nr. 107, jf. Innst.O. nr. 36 (2002-2003) og Besl.O. nr. 41 (2002-2003). Kapittel II a legg både avgjerdsmyndet og ansvaret for den praktiske oppfølginga av saker knytte til fiktiv identitet til ”Politidirektoratet”. Følgjande ansvar og oppgåver er omfatta:
Avgjere om ein person skal få løyve til å nytte fingerte personopplysningar, jf. § 14b første ledd
Hjelpe søkjaren med å innhente og tilretteleggje informasjon osb. som kan ha tyding for vurdering av søknaden, sakshandsaming og kompetanse, jf. § 14b andre ledd
Innhente nødvendige opplysingar frå andre offentlege styresmakter utan å bli hindra av teieplikt, jf. § 14d
Fastsetje kva fingerte personopplysningar som skal nyttast etter at løyvet er gitt, og sørgje for at folkeregistermynda endrar dei registrerte opplysningane tilsvarande, jf. § 14e
Rettleie og hjelpe både den som har fått løyvet og offentlege styresmakter eller private rettssubjekt ved behov for kontakt, jf. 14g
Avgjere lengd og opphøyr av løyve til å nytte fingerte personopplysingar og underrette folkeregistermynda om opphøyr, jf. § 14h.
§ 14i gir heimel for Kongen til å gi nærare forskrifter til utfylling og gjennomføring av føresegnene i kapitlet. Slike forskrifter er ikkje gitt. Nærare føresegner om gjennomføring av fiktiv identitet som vernetiltak følgjer likevel av Nasjonale retningsliner for vitnevern med vedlegg, gitt ved Politidirektoratets instruks av 9. mai 2003, med endringar av 1. februar 2006 og 1. november 2008.
Vitnevern blir utført på to nivå: Eit lokalt nivå, som det einskilde politidistriktet har ansvar for, og eit nasjonalt nivå med vitnevernprogram, som Politidirektoratet og Kripos har ansvaret for. Hovudregelen er at alt vitnevern skal handterast av politidistriktet. I dei mest alvorlege tilfella kan det søkjast opptak i det nasjonale vitnevernprogrammet, der fiktiv identitet er det mest omfattande vernetiltaket. I tråd med Europarådet sine tilrådingar omfattar det nasjonale vitnevernprogrammet både aktørar i rettssystemet, informantar for politiet og personar som er utsette for vald i nære relasjonar. Programmet omfattar i praksis alle med behov for fiktiv identitet.
Den nasjonale vitneverneininga ved Kripos er tillagd rolla som ekspertorgan for det nasjonale vitnevernprogrammet. Eininga har ansvar for hjelp og kompetanseheving i politidistrikta, for utvikling av vitnevernprogrammet og for internasjonalt samarbeid. Politidirektoratet meiner at også det politifaglege og administrative ansvaret for delar av området fiktiv identitet bør liggje hos Kripos, som ein reknar med har betre føresetnader og sterkare operativ forankring i saksfeltet enn direktoratet. Ei arbeidsdeling langs desse linene har vore praktisert sidan 2006, men direktoratet har føreslått forankring og tydeliggjering av høvet til å delegere i ny forskrift til politilova kapittel II a.
3.2 Høyringa
Forslag om å ta inn ei føresegn om delegering av oppgåver knytte til sakshandsaming og oppfølging av fiktiv identitet i politilova kapittel II a vart sendt på høyring den 20. juli 2007, saman med forslag til nokre andre endringar i politilova og straffeprosesslova. Høyringsfristen vart sett til 22. oktober 2007.
Riksadvokaten og Oslo statsadvokatembeter har ikkje innvendingar mot at oppgåver knytte til fiktiv identitet blir delegerte til Kripos. Datatilsynet har ingen merknader. Politiets Fellesforbund uttaler at forbundet stiller seg bak ei praktisk og lovteknisk rydding i forhold til kva oppgåver som kan delegerast frå Politidirektoratet til Kripos i slike saker, men ber om at departementet føretek ein analyse av kor store ressursar som går med til arbeidet med fiktiv identitet og skjult opphaldsstad. Ingen andre høyringsinstansar har kommentert forslaget til endring i politilova kapittel II a.
3.3 Departementet si vurdering
I førearbeida til politilova kapittel II a om fiktiv identitet viser departementet til at det vil vere behov for ei viss kompetansedeling i utføringa av dei oppgåvene som etter lova vart lagde til Politidirektoratet, jf. Ot.prp. nr. 117 (2001-2002), punkt 8.3.1:
”Departementet foreslår at Politidirektoratet pålegges ansvaret for å utrede disse sakene. Det lokale politidistrikt bør bli pålagt å bistå direktoratet med saksforberedelsen. … Den enkelte polititjenestemann som skal forberede saken for Politidirektoratet, og som har den primære kontakt med søker, må derfor foreta en utredning av vedkommendes liv.”
Struktureringa av det nasjonale vitnevernprogrammet og raffineringa av Kripos som ekspertorgan har gjort det nødvendig med ein gjennomgang av om den konsekvente kompetansetildelinga til Politidirektoratet i lova hemmar ei rasjonell organisering av saksfeltet. Delegering av oppgåver knytte til førebuing og hjelp kan reknast som omfatta av politiet sitt ordinære høve til å delegere, medan delegering av andre oppgåver som ved lov er lagde til direktoratet, har reist rettslege problemstillingar som bør avklarast.
Departementet har ingen innvendingar mot å rydde slike uklårleikar av vegen gjennom å endre regelverket i samsvar med Politidirektoratet sitt forslag. Delegasjonshøvet omfattar etter forslaget berre dei politifaglege og administrative oppgåvene knytte til saksførebuing og etterfølgjande bistand overfor den som har fått løyve til å nytte fingerte opplysningar. Det vil seie følgjande oppgåver:
Ansvaret for å hjelpe søkjaren med å innhente og tilretteleggje informasjon mm. som kan ha tyding for vurderinga av søknaden, jf. § 14b, andre ledd
Høvet til å innhente nødvendige opplysningar frå andre offentlege styresmakter utan å bli hindra av teieplikt, jf. § 14d
Ansvaret for å fastsetje kva fingerte personopplysningar som skal nyttast etter at løyvet er gitt, og sørgje for at folkeregistermynda endrar dei registrerte opplysningane tilsvarande, jf. § 14e
Ansvaret for å rettleie og hjelpe både den som har fått løyvet og offentlege styresmakter eller private rettssubjekt ved behov for kontakt, jf. § 14g.
Dette er oppgåver og ansvar som i dag fell naturleg inn under kompetanseområdet til Kripos. Departementet finn det rasjonelt både for politiet og for den trusselutsette at same instans har ansvaret for å fastsetje fiktive opplysningar, for kontakten med folkeregisteret og andre styresmakter, og for etterfølgjande bistand i saka. Av omsyn til effektiviteten til ordninga som tiltak for å verne personar som er utsette for truslar, er det svært viktig at kretsen av personar som kjenner både den reelle og fiktive identiteten til vedkomande, blir avgrensa til eit minimum. Å leggje alle operative oppgåver til Kripos vil medverke til å redusere kretsen av personar med slik kunnskap. Det heilskaplege ansvaret for politiet sitt arbeid med vitnevern ligg framleis hos Politidirektoratet, som fastset og vedlikeheld Nasjonale retningsliner for vitnevern ved instruks.
Det er vidare Politidirektoratet som avgjer om ein trusselutsett person skal overførast til det nasjonale vitnevernprogrammet, under dette om vedkomande skal få løyve til å nytte fingerte personopplysingar. Det er semje om at avgjerdsmyndet skal liggje hos Politidirektoratet, som også avgjer forlenging, opphøyr og tilbakekalling av slike løyve. Justisdepartementet vil som før vere klageinstans.
På denne bakgrunn føreslår departementet at det aktuelle delegasjonshøvet for Politidirektoratet blir nedfelt i politilova § 14b nytt fjerde ledd. Departementet meiner at lovregulering framfor forskriftsregulering er praktisk og lovteknisk ryddig, samstundes som det gir den nødvendige oversikta over kva oppgåver som kan delegerast vidare frå Politidirektoratet til Kripos.
3.4 Økonomiske og administrative konsekvensar
Departementet legg til grunn at delegering av dei administrative oppgåvene knytte til fiktiv identitet ikkje vil medføre nemneverdige økonomiske og administrative konsekvensar. Slik delegering samsvarar med dagens organisatoriske og metodiske tilnærming til saksfeltet. Kostnader knytte til vernetiltak på nasjonalt nivå blir dekte av Kripos. Det ser i denne samanheng ikkje ut til å vere grunn til å utføre ein nærare analyse av ressursbruken til politiet, under dette også det lokale politidistriktet, i saker knytte til fiktiv identitet og skjult opphaldsstad.