3 Lokalpolitisk handsaming
Eit forslag til utbygging og finansiering av E134 mellom Seljord og Åmot blei våren 2011 handsama av lokale styresmakter.
Seljord kommune handsama saka i møte i kommunestyret 14. april 2011, og gjorde følgjande vedtak:
«Seljord kommune stiller seg positiv til brukarfinansiering av utbetringsprosjekt langs E-134 mellom Seljord og Åmot der fylgjande prosjekt er tatt med:
Nordbygdi – Stamperui
Libergbakkane
Rudsbakkane
Åmot S
Prosjekta Nordbygdi – Stamperui og Åmot S gjennomførast fullt ut. Dersom dei samla kostnadane blir høgare enn prosjektet si ramme reduserast omfanget av Libergbakkane og Rudsbakkane. Av Libergbakkane og Rudsbakkane har Libergbakkane prioritet fyrst. Dersom det skulle vise seg at prosjektet får ein betre økonomi enn berekna kan omfanget av prosjektet aukast. I eit slikt tilfelle tas fylgjande delprosjekt inn i prioritera rekkefylgje: Resten av Morgedal – Mostøyl, resten av Mostøyl – Høydalsmo, Brunkeberg Hemmestveit og trafikktryggleikstiltak på strekninga.
For å finansiere prosjektet plasserast det eit innkrevjingspunkt på grensa mellom Seljord og Kviteseid med ein takst på kr. 20,- for personbilar og kr. 60,- for tungtransport. Det skal krevjast inn avgift i 15 år. Ved å gå inn på ein abonnementsordning er det mogleg å få 20% rabatt på takstane. Dersom prosjektet får ein uventa dårleg økonomisk utvikling kan finansieringsselskapet søke Vegdirektoratet om å auke takstane med inntil 20% utover konsumprisindeksen og forlenge innkrevjingstida med inntil 5 år. Takstane regulerast med den årlege kostnadsutviklinga i samfunnet og er berekna i 2010-kronar.
Dersom nokon innbyggjar i kommunane må krysse innkrevjingspunktet for å kome til kommunesenteret i si eiga kommune tilrår kommunestyret at det blir gitt fritak frå å betale i innkrevjingspunktet.
Statens vegvesen er ikkje ferdig med den endelige kvalitetssikringa. Dersom kvalitetssikringa avdekker usikkerhet utover det som er gjort greie for i saksutgreiinga og vedtaket, blir saka lagt fram til ny handsaming i kommunestyret.»
Kommunestyra i Tokke og Vinje har høvesvis den 15. og 24. mai 2011 fatta tilsvarande vedtak som kommunestyret i Seljord. Det same har kommunestyret i Kviteseid gjort den 19. mai 2011, men med ein nyanse om at takstane kan aukast med 2 kroner for personbilar dersom prosjektet får ei uventa dårleg økonomisk utvikling. Dei har òg ein forventning om støtte i arbeidet med at Kviteseidkrysset blir prioritert innanfor ordinære vegmidlar.
Telemark fylkeskommune handsama saka i møte i fylkestinget 14. juni 2011, og gjorde følgjande vedtak:
«Telemark fylkeskommune er positive til brukarfinansiering av utbetringstiltak langs E134 mellom Seljord og Åmot og ber Statens Vegvesen vidareføre arbeidet med prosjektet fram mot søknad til Stortinget. Prosjektet skal nytte følgjande finansieringsopplegg:
Eit innkrevjingspunkt blir plassera på grensa mellom Seljord og Kviteseid med ein takst på kr. 20,- for personbilar og kr. 60,- for tungtransport. Innkrevjingstida skal vere 15 år. Ved å gå inn på ein abonnementsordning er det mogleg å få inntil 20 % rabatt på takstane. Takstane blir regulert med den årlege kostnadsutviklinga i samfunnet og er rekna i 2010-kronar.
Tiltak på følgjande strekningar skal inkluderast i prosjektet:
Nordbygdi – Stamperui
Libergbakkane
Rudsbakkane
Åmot S
Tiltaka skal ha følgjande interne prioritering ved eventuelle endringar i økonomien:
Ved kostnadsauke: Prosjekta Nordbygdi – Stamperui og Åmot S gjennomførast fullt ut. Omfanget av Libergbakkane og Rudsbakkane kan reduserast om naudsynt. Av Libergbakkane og Rudsbakkane har Libergbakkane prioritet fyrst.
Ved reduksjon i kostnader: Omfanget av bompengeprosjektet kan aukast. I eit slikt tilfelle tas fylgjande delprosjekt inn i prioritera rekkefølge: Resten av Morgedal – Mostøyl, resten av Mostøyl – Høydalsmo, Brunkeberg – Hemmestveit og trafikktryggleikstiltak på strekninga.
Statens vegvesen er ikkje ferdig med den endelege kvalitetssikringa av finansieringsopplegget. Alle reguleringsplanane for dei aktuelle strekningane er ikkje vedtatt. Dersom desse faktorane avdekkar usikkerheit ut over det som er gjort greie for i saksframlegget og vedtaket, blir saka lagt fram til ny handsaming i fylkestinget.»
Prosjektet Nordbygdi – Stamperui er identisk med prosjektet Seljord – Ordal. Prosjektet Åmot S er identisk med prosjektet Raudå bru – Åmot.