Prop. 194 S (2012–2013)

Utbygging og finansiering av E134 på strekninga Seljord – Åmot i kommunane Seljord, Kviteseid, Tokke og Vinje i Telemark

Til innhaldsliste

5 Utbyggings- og finansieringsopplegg for E134 Seljord – Åmot

I tråd med lokalpolitiske vedtak legg Samferdselsdepartementet fram ein finansieringsplan der utbygginga er føresett finansiert med bompengar. I tillegg er det lagt til grunn 31 mill. kr i statlege midlar som kompensasjon for auka meirverdiavgift etter oppheving av vegfritaket. Finansieringsplanen er vist i tabell 5.1.

Tabell 5.1  Finansieringsplan for E134 Seljord – Åmot

Mill. 2013-kr

2010–2013

2014–2017

2018–2023

Sum

Statlege midlar

0

31

0

31

Bompengar

13

216

55

284

Sum

13

247

55

315

Det er venta eit forbruk på om lag 4 mill. kr i 2013 og 22 mill. kr i 2014 til førebuande arbeid. Midlane er føresett stilt til disposisjon av bompengeselskapet.

Ved eventuell kostnadsauke står ramma fast, noko som inneber reduksjon i utbetringsomfanget, jf. omtale av dette i kommunane og Telemark fylkeskommune sine vedtak i kapittel 3. Tilsvarande er det mogleg å auke omfanget dersom det skulle vise seg at kostnadene blir lågare enn føresett.

Dersom økonomien i prosjektet blir svakare enn føresett, kan bompengeselskapet etter avtale med Vegdirektoratet auke takstane med inntil 20 pst. og/eller forlenge innkrevjingsperioden med inntil 5 år.

Bompengeopplegg

Finansieringsopplegget bygger på tovegs innkrevjing i ein automatisk bomstasjon på E134 på kommunegrensa mellom Seljord og Kviteseid, jf. figur 2.1. Innkrevjinga vil starte opp når strekninga Seljord – Ordal er ferdig utbetra, etter planen våren 2017. Heile utbygginga er føresett å vere ferdig i løpet av 2018.

Følgjande takstar er lagt til grunn:

– Lette køyretøy (totalvekt t.o.m. 3 500 kg):

20 kr (2013-kr).

– Tunge køyretøy (totalvekt over 3 500 kg):

60 kr (2013-kr).

Det er føresett at takstane blir regulerte i samsvar med prisutviklinga.

Abonnentar med Auto-pass brikke får 10 pst. rabatt. I dei lokalpolitiske vedtaka er det lagt til grunn ein rabatt på 20 pst. ved bruk av brikke. I Meld. St. 26 (2012–2013) Nasjonal transportplan 2014–2023 er det lagt til grunn at rabatten ved bruk av brikke normalt ikkje skal vere høgare enn 10 pst. Samferdselsdepartementet legg derfor til grunn ein rabatt på 10 pst. ved bruk av brikke, både for lette og tunge køyretøy.

Basert på føresetnadene i denne proposisjonener er brutto bompengeinntekter rekna til om lag 504 mill. kr. Av dei innbetalte bompengane vil om lag 284 mill. kr gå til investeringar, 175 mill. kr til å dekke finansieringskostnader og 45 mill. kr til å dekke innkrevjing og drift av bompengeselskapet.

Andre føresetnader for finansieringsplanen

Trafikkføresetnadene går fram av kapittel 4. Følgjande basisføresetnader er elles lagt til grunn for finansieringsanalysa:

  • Lånerente: 6,5 pst.

  • Årleg prisstigning: 2,5 pst.

  • Årlege innkrevjingskostnader: 3 mill. kr

  • Bruk av brikke: 70 pst.

Med desse føresetnadene er innkrevjingsperioden rekna til om lag 15 år.

Det er også rekna på eit pessimistisk alternativ med desse endra føresetnadene:

  • Eitt års forsinka innkrevjingsstart

  • 15 pst. lågare ÅDT ved innkrevingsstart

  • Ingen årleg trafikkvekst

  • Lånerenta aukar til 8 pst. frå 2023

  • Takstauke på 20 pst. eitt år etter at innkrevjinga starter.

Med desse føresetnadene er innkrevjingsperioden rekna til om lag 19 år.