7 Samferdselsdepartementet si vurdering
E134 er ei viktig transportåre for vegtransport mellom delar av Austlandet og Vestlandet og for regional- og lokal trafikk i delar av Telemark. Strekninga mellom Seljord og Åmot har låg standard og er prega av forfall. Ei utbetring av denne strekninga har nytte for trafikken både mellom to landsdelar, regionalt og lokalt.
Samferdselsdepartementet har merka seg lokale styresmakter sin vilje til å forsere ei utbetring gjennom bompengefinansiering. Både Telemark fylkeskommune og dei fire kommunane som er omfatta av tiltaka har slutta seg til bompengefinansiering av utbetringa. Samferdselsdepartementet meiner at dei økonomiske føresetnadene som er lagt til grunn er realistiske og tilrår derfor det framlagte forslaget til plan for finansiering av utbetringen av E134 mellom Seljord og Åmot.
I dei lokalpolitiske vedtaka er det lagt til grunn at trafikantar med abonnement kan få inntil 20 pst. rabatt. I tråd med Meld. St. 26 (2012–203) legg Samferdselsdepartementet til grunn eit opplegg med 10 prosent rabatt til alle køyretøy med abonnement og brikke. Departementet føreset at dette blir akseptert av lokale styresmakter før anleggsstart.
Vidare har nokre av kommunane tilrådd at innbyggjar som må krysse innkrevjingspunktet for å komme til kommunesenteret i eigen kommune, får fritak. Samferdselsdepartementet kan ikkje gå inn for ei slik løysing. Departementet føreset i staden at det vert vurdert passeringstak for innbyggjarar som nemnt, i samband med endeleg fastsetting av takst- og rabattsystem for prosjektet.