5 Administrative og økonomiske konsekvensar
Det totale budsjettet for MEDIA Mundus er 15 millionar euro for åra 2011 til 2013, det vil seie 5 millionar euro per år.
Den norske delen er rekna ut til å vere 2,9 millionar kroner for alle åra ved ein eurokurs på 8 kroner. Bidraget i 2011 vil vere på ca. 360 000 kroner og vil auke til 740 000 kroner i 2012 og 1,8 millionar kroner i 2013.
Det vil verte tilsett ein nasjonal ekspert i tilknyting til programmet. Årlege utgifter til dette er rekna ut til å vere 1,5 millionar kroner og vil kome i tillegg til programkostnadene.
Kostnadene til programmet og den nasjonale eksperten vil verte dekte over Kulturdepartementets budsjett. I Prop. 1 S (2010-2011) for Kulturdepartementet vart det tatt høgd for deltaking i programmet for 2011. Utgiftane for 2012 og 2013, inklusiv utgiftane til ein nasjonal ekspert, vil bli dekte av Kulturdepartementet innan gjeldande budsjettrammer.