Prop. 201 S (2012–2013)

Utbygging og finansiering av E6 på strekninga Korgen – Bolna i Hemnes og Rana kommunar (E6 Helgeland nord) i Nordland

Til innhaldsliste

4 Trafikkgrunnlag

Statens vegvesen har gjennomført vurderingar av korleis bompengeinnkrevjinga vil påverke trafikken gjennom dei planlagde bomstasjonane. Trafikkanalysen er basert på bruk av Regional transportmodell (RTM) med tilleggsvurderingar basert på trafikkteljingar på dagens veg. Det er nytta elastisitetsmodell til vurdering av korleis ulike takstar vil påverke trafikkutviklinga.

Med dei takstane som det er gjort framlegg om, er det rekna med ein samla ÅDT på i underkant av 12 000 køyretøy gjennom dei seks bomstasjonssnitta i samanlikningsåret 2015. Utan bompengar er ÅDT rekna til om lag 13 260 køyretøy. Bompengeinnkrevjinga er følgjeleg rekna til å gi ein reduksjon i trafikken på om lag 10 pst. Det er ikkje lagt til grunn trafikkoverføring til andre vegruter. Tabell 4.1 viser venta ÅDT gjennom bomstasjonssnitta i 2015, samanlikna med forventa ÅDT utan bompengeinnkrevjing.

I trafikkprognosane som er utarbeidde for Nordland i samband med arbeidet med Nasjonal transportplan for perioden 2014–2023, er det lagt til grunn ein gjennomsnittleg årleg vekst på 0,9 pst. i perioden 2010–2014, 0,5 pst. i perioden 2014–2023, 0,7 pst. i perioden 2023–2030 og 0,5 pst. etter 2030. På bakgrunn av dette er det lagt til grunn ein generell trafikkvekst i bompengeperioden på i gjennomsnitt 0,5 pst. per år.

Ekstern kvalitetssikrar har ikkje merknader til resultatet av trafikkanalysen.

Tabell 4.1 Forventa ÅDT gjennom bomstasjonssnitta i samanlikningsåret 2015.

Bomstasjonssnitt

Utan bompenge- innkrevjing

Med bompenge- innkrevjing

Svenningvatn

1 480

1 340

Kommunegrense Grane/Vefsn

2 100

1 910

Fusta

1 850

1 680

Skamdal

3 200

2 900

Reinforshei

3 800

3 400

Krokstrand

830

750

Sum

13 260

11 980