6 Utbyggings- og finansieringsopplegg for E6 Korgen – Bolna (E6 Helgeland nord)
Utbygginga av E6 Helgeland mellom Korgen i Hemnes kommune og Bolna i Rana kommune er føresett starta opp hausten 2014, med fullføring av siste delstrekning i løpet av 2018. Det er lagt opp til å starte innkrevjinga i dei tre bomstasjonane på strekninga, Skamdal, Reinforshei og Krokstrand, i 2015.
I tråd med Meld. St. 26 (2012–2013) Nasjonal transportplan 2014–2023 er det lagt til grunn 1 030 mill. 2013-kr i statlege midlar frå ramma til store prosjekt, fordelt med 900 mill. kr i perioden 2014–2017 og 130 mill. kr i perioden 2018–2023. Restbehovet på 610 mill. kr er føresett finansiert med bompengar. Medrekna kompensasjon for auka meirverdiavgift er utbygginga av E6 Helgeland nord følgjeleg føresett finansiert med 63 pst. statlege midlar og 37 pst. bompengar. Forslag til finansieringsplan for strekninga Korgen – Bolna er vist i tabell 6.1.
Tabell 6.1 Finansieringsplan for E6 Bolna – Korgen (Helgeland nord)
Mill. 2013-kr | ||||
---|---|---|---|---|
2013 | 2014–2017 | 2018–2023 | Sum | |
Statlege midlar | 900 | 130 | 1 030 | |
Bompengar | 70 | 540 | 610 | |
Sum | 70 | 1 440 | 130 | 1 640 |
Det er venta eit forbruk på om lag 70 mill. kr i 2013. Midlane er føresett stilt til disposisjon av bompengeselskapet.
Basert på føresetnadene i denne proposisjonen, jf. kapittel 5, er brutto bompengeinntekter rekna til om lag 1 020 mill. kr, fordelt med 610 mill. kr til investeringar, 300 mill. kr til å dekke finansieringskostnader og 110 mill. kr til å dekke innkrevjingskostnader og drift av bompengeselskapet.
Innkrevjingsperioden er rekna til 15 år i kvar av dei tre bomstasjonane. Det er også rekna på eit alternativ med dei same pessimistiske føresetnadene som i kapittel 5. Med desse føresetnadene er innkrevjingsperioden rekna til om lag 20 år. Det er lagt til grunn at omfanget av utbygginga blir tilpassa den økonomiske ramma, jf. kapittel 5.