Prop. 201 S (2012–2013)

Utbygging og finansiering av E6 på strekninga Korgen – Bolna i Hemnes og Rana kommunar (E6 Helgeland nord) i Nordland

Til innhaldsliste

5 Førebels finansieringsopplegg for E6 Helgeland (samla utbygging)

I Meld. St. 26 (2012–2013) Nasjonal transportplan 2014–2023 er det lagt til grunn at utbygginga av E6 Helgeland skal starte i første fireårsperiode, med vidareføring i siste seksårsperiode. Utbygginga er føresett finansiert med statlege midlar og bompengar. Det er førebels lagt til grunn eit samla kostnadsoverslag på 5 060 mill. 2013-kr, jf. kapittel 2.1.

5.1 Statlege midlar

I Meld. St. 26 (2012–2013) er det lagt til grunn 2 810 mill. 2013-kr i statlege midlar frå ramma til store prosjekt, fordelt med 1 350 mill. kr i perioden 2014–2017 og 1 460 mill. kr i perioden 2018–2023. Samferdselsdepartementet føreset at det i tillegg blir sett av 250 mill. kr innafor ramma til programområda, av dette 70 mill. kr i perioden 2014–2017. Vidare føreset departementet at det blir sett av 920 mill. kr innafor ramma til fornying, av dette 310 mill. kr i perioden 2014–2017. Dette gir ei samla statleg ramme til E6 Helgeland på 3 980 mill. kr, fordelt med 1 730 mill. kr i perioden 2014–2017 og 2 250 mill. kr i perioden 2018–2023.

5.2 Bompengeopplegg

Finansieringsopplegget bygger på tovegs, parallell- og etterskotsinnkrevjing i 6 automatiske bomstasjonar mellom Nord-Trøndelag grense og Bolna, jf. figur 2.1. Innkrevjinga i bomstasjonane på strekninga Korgen – Bolna er planlagt starta i 2015. Innkrevjinga i dei tre bomstasjonane på strekninga Nord-Trøndelag grense – Korgen er førebels planlagt starta i 2016, etter at finansieringsopplegget for E6 Helgeland sør er handsama av Stortinget. Bompengebidraget til prosjektet E6 Brattås – Lien er også føresett å komme frå desse stasjonane.

Det er lagt til grunn at tunge køyretøy (totalvekt over 3 500 kg) skal betale tredobbel takst. Tabell 5.1 viser forventa takstnivå i dei ulike stasjonane basert på ein samla utbyggingskostnad på 5 060 mill. kr. Samla takst er rekna til 145 kr for lette køyretøy og 435 kr for tunge køyretøy som køyrer heile strekninga.

Tabell 5.1 Forventa takstnivå for lette/tunge køyretøy utan rabatt

Bompengetakstar

Bomstasjonssnitt

lette køyretøy

tunge køyretøy

Svenningvatn

25 kr

75 kr

Kommunegrense Grane/Vefsn

25 kr

75 kr

Fusta

20 kr

60 kr

Skamdal

15 kr

45 kr

Reinforshei

20 kr

60 kr

Krokstrand

40 kr

120 kr

Sum

145 kr

I dei lokalpolitiske vedtaka er det lagt til grunn ein rabatt på 20 pst. ved bruk av brikke. I Meld. St. 26 (2012–2013) meiner regjeringa at det for nye bompengeprosjekt berre skal vere 10 pst. rabatt for alle køyretøy. Samferdselsdepartementet legg derfor til grunn ein rabatt på 10 pst. ved bruk av brikke, både for lette og tunge køyretøy.

Det er føresett at takstane blir regulerte i samsvar med prisutviklinga. Dersom økonomien i prosjektet blir svakare enn føresett, er det lagt til grunn at bompengeselskapet kan auke takstane med inntil 20 pst. og forlenga innkrevjingsperioden med inntil 5 år.

Basert på føresetnadene i denne proposisjonen er brutto bompengeinntekter rekna til om lag 1 900 mill. kr, fordelt med 1 080 mill. kr til investeringar, 600 mill. kr til å dekke finansieringskostnader og 220 mill. kr til å dekke innkrevjingskostnader og drift av bompengeselskapet.

5.3 Førebels forslag til finansieringsplan

Ein førebels finansieringsplan for samla utbygging av E6 på Helgeland, basert på ein samla utbyggingskostnad på 5 060 mill. kr, er vist i tabell 5.2. Medrekna kompensasjon for auka meirverdiavgift er utbygginga av E6 på Helgeland føresett finansiert med 79 pst. statlege midlar og 21 pst. bompengar.

Tabell 5.2 Førebels finansieringsplan for den samla utbygginga

Mill. 2013-kr

2013

2014–2017

2018–2023

Sum

Statlege midlar

0

1 730

2 250

3 980

- Store prosjekt

1 350

1 460

2 810

- Programområda

70

180

250

- Fornying

310

610

920

Bompengar

70

860

150

1 080

Sum

70

2 590

2 400

5 060

Trafikkføresetnadene går fram av kapittel 4. Følgjande basisføresetnader er elles lagt til grunn for finansieringsanalysen:

  • Lånerente: 6,5 pst.

  • Årleg prisstigning: 2,5 pst.

  • Årlege innkrevjingskostnader: 15 mill. kr

  • Bruk av brikke: 80 pst.

Med desse føresetnadene er innkrevjingsperioden rekna til om lag 15 år. Det er også rekna på eit pessimistisk alternativ med desse endra føresetnadene:

  • Kostnadsauke på 10 pst.

  • 10 pst. lågare ÅDT i samanlikningsåret 2015

  • Ingen årleg trafikkvekst

  • Lånerenta aukar til 8 pst. frå 2020

  • Takstauke på 20 pst. eitt år etter at utbygginga er fullført.

Med desse føresetnadene er innkrevjingsperioden rekna til om lag 20 år. Prosjektet E6 Helgeland omfattar mange delprosjekt. Prosjektet er derfor meir fleksibelt enn eit enkeltprosjekt, slik at omfanget av utbygginga kan tilpassast dei økonomiske rammene. I kontrakten som skal prøvast ut på dette prosjektet, jf. nærare omtale i kapittel 7, er det dessutan lagt opp til at prosjektet kan styrast mot ein fastsett sluttsum ved å bruke opsjonsvilkår i kontrakten. Det er derfor høve til å endre omfanget av arbeida også etter at kontrakten er inngått. Dette inneber at dersom kostnadene på nokre av delstrekningane aukar, kan det innebere at andre delstrekningar ikkje blir bygde.