2 Bakgrunn for lovforslaget
Mineralloven tok til å gjelde 1. januar 2010 saman med forskrift til lova. Mineralloven er ei moderne næringsretta lov med føresegner som regulerer kommersiell leiting, undersøking og utvinning av alle mineralske ressursar bortsett frå olje, gass og vatn. Lova har erstatta fem til dels særs gamle lover.
Etter mineralloven § 66 første ledd kan Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmesteren for Svalbard (Direktoratet for mineralforvaltning) treffe vedtak om tvangsmulkt for å sikre at føresegnene i lova eller vedtak i medhald av lova vert gjennomført. Mineralloven § 67 gir Direktoratet for mineralforvaltning heimel til å pålegge den som har brote føresegner gitt i eller i medhald av lova å betale eit pengebeløp til statskassen (lovbrotsgebyr).
I forskrift 23. desember 2009 nr. 1842 til mineralloven er det gitt føresegner om utmåling av tvangsmulkt og lovbrotsgebyr, saksbehandlingsreglar, klagerett, ettergiving av pålagt tvangsmulkt og lovbrotsgebyr og om inndriving av pålagt tvangsmulkt og lovbrotsgebyr.
Eit effektivt innkrevjingsapparat er avgjerande om ein skal nytte seg av tvangsmulkt og lovbrotsgebyr. I tillegg vil meir effektiv innkrevjing bidra til å sikre ei betre etterleving av mineralloven. Dette vil og vere til fordel for dei seriøse aktørane i bransjen. Eit viktig omsyn med den nye mineralloven var å få på plass ei lov med like reglar for alle og sikre like konkurransevilkår i bransjen. Det er derfor viktig at dei som ikkje følgjer krava i lova, erfarer at styresmaktene med ein gong set makt bak krava.
Etter at mineralloven og forskrifta tok til å gjelde har Direktoratet for mineralforvaltning sett nærare på korleis man mest mogleg effektivt kan følgje opp føresegnene, når det gjeld den praktiske oppfølginga etter at det er konstatert lovbrot og fatta avgjerde om tvangsmulkt eller lovbrotsgebyr. I samråd med departementet har direktoratet kome fram til at den mest effektive måten å gjere dette på vil vere at SI står for sjølve innkrevjinga, både når det gjeld den frivillige og den tvungne inndrivinga av tvangsmulkt og lovbrotsgebyr. Det er tatt inn føresegner i forskrift til mineralloven § 6-6 som gir SI heimel til å stå for den frivillige inndrivinga av tvangsmulkt og lovbrotsgebyr, jf. forskrift 23. juni 2010 nr. 963 om endring i forskrift til mineralloven. For at SI også skal kunne stå for den tvungne inndrivinga av tvangsmulkt og lovbrotsgebyr, er dei avhengige av eksplisitt lovheimel i mineralloven.