4 Administrative og økonomiske konsekvensar
Endringsforslaget vil ikkje få vesentlege administrative og økonomiske konsekvensar. Som nemnt over tilkjem pålagt tvangsmulkt og lovbrotsgebyr statskassen. Ved at SI får ansvaret for inndrivinga vil ressursar i Direktoratet for mineralforvaltning bli frigjort, som direktoratet kan nytte på andre områder slik som tilsyn og kontroll med utvinning av mineralressursar. Direktoratet for mineralforvaltning har i dag ikkje kostnader i samband med SI sin hjelp med frivillig innkrevjing av tvangsmulkt og lovbrotsgebyr, med unntak for namsgebyr der dette er nødvendig. Sjølv om Direktoratet for mineralforvaltning må betale SI for tenesta dei tilbyr ved tvangsinnkrevjing, vil ressursane direktoratet får frigjort veie opp for desse kostnadene. Det er også grunn til å tru at tvangsmulkta og lovbrotsgebyret vert gjort opp meir effektivt med SI som innkrevjar enn om direktoratet gjer det. For det offentlege elles vil ikkje forslaget føre med seg nemneverdige konsekvensar.