3 Nærare om lovforslaget
Departementet foreslår å gi SI ei avgrensa særnamnsmyndigheit til å krevje inn tvangsmulkt og lovbrotsgebyr med tvang dersom ein ikkje når frem med frivillig innkrevjing av tvangsmulkta eller lovbrotsgebyret. Ved å effektivisere innkrevjinga, får ein best mogleg utnytting av offentlege ressursar. Forslaget inneber ikkje at Direktoratet for mineralforvaltning gir frå seg myndigheit og overlet til SI å ta avgjerd om tvangsmulkt eller lovbrotsgebyr skal påleggjast. Det vil framleis vere Direktoratet for mineralforvaltning som tek avgjerd om dette. Forskjellen blir at direktoratet, etter at det er fatta vedtak om å påleggje tvangsmulkt eller lovbrotsgebyr, oversender kravet til SI som følgjer opp saka og tek ansvaret for at tvangsmulkta eller lovbrotsgebyret vert innbetalt til og tilfell staten. Det gjer at Direktoratet for mineralforvaltning ikkje treng å bruke ressursar på dette arbeidet, samstundes som det er grunn til å tru at innbetalinga av tvangsmulkta eller lovbrotsgebyret lettare vil bli gjort når det er SI som krev det inn. Direktoratet for mineralforvaltning vil då få frigjort ressursar som på ein betre måte kan nyttast til å gjennomføre direktoratets arbeidsoppgåver. SI på si side har røynsle med innkrevjing og har både ressursar, rutinar og organisering som er tilpassa oppgåva med å krevje inn tvangsmulkt og lovbrotsgebyr.
Heimlane til å påleggja tvangsmulkt eller lovbrotsgebyr finst i mineralloven §§ 66 og 67. Då forslaget til forskriftsføresegner om tvangsmulkt og lovbrotsgebyr var på alminneleg høyring hausten 2009 kom det ingen merknader til føresegnene. Sidan forslaget til lovendringar er ei rein teknisk endring og berre gjeld den praktiske gjennomføringa av sjølve innkrevjinga av tvangsmulkt og lovbrotsgebyr, mens Direktoratet for mineralforvaltning framleis skal avgjere om det skal påleggjast tvangsmulkt eller lovbrotsgebyr, har det etter departementet sitt syn ikkje vore behov for å sende forslaget på alminneleg høyring. Det er derfor ikkje gjort.
På denne bakgrunn foreslår departementet at det blir tatt inn føresegner i mineralloven §§ 66 og 67 som gir SI den nødvendige heimelen for å tvangsinnkrevje tvangsmulkt og lovbrotsgebyr. Forslaget er utforma i tråd med føresegner av same art som er teke inn i fleire andre lover.