Prop. 28 S (2012–2013)

Endringar i statsbudsjettet 2012 under Forsvarsdepartementet

Til innhaldsliste

1 Føremål og hovudoversikt

1.1 Føremål

I denne proposisjonen legg regjeringa fram forslag om endringar i løyvingar i forsvarsbudsjettet for 2012. Siktemålet er å skape best mogleg samsvar mellom løyvingane under dei einskilde kapitla og postane, og endringar i budsjettføresetnadene som har skjedd sidan forsvarsbudsjettet for 2012 vart vedteke.

På grunn av den komplekse samansetjinga av kapitla, med svært variable storleikar, er omgrupperingsproposisjonen eit naudsynt verkty for å sikre god økonomistyring i forsvarssektoren. Tiltak for å møte endringar i føresetnadene som oppstår i gjennomføringsåret, vert såleis handsama samla og formalisert på rett måte. Regjeringa er oppteken av å halde omfanget av omgrupperingane på eit så lågt nivå som mogleg, samstundes som kravet om realistisk budsjettering vert ivaretatt.

Omgrupperingsproposisjonen for 2012 tek føre seg budsjettekniske endringar. I tillegg vert meirinntekter for 2012 føreslått formaliserte, samt at regjeringa føreslår ei tilleggsløyving. Totalt utgjer omgrupperinga ein auke i løyvinga til Forsvarsdepartementet på 230,923 mill. kroner. I tillegg føreslår regjeringa å auke enkelte bestillingsfullmakter, samt å halde tilbake midlar på posten frå føremål omtala i Prop. 1 S (2011–2012) under kapittel 1760, post 45. Desse midlane vil verte omdisponerte til kampflyinvesteringar for etterfølgjande år.

1.2 Tilleggsløyvingar

I etterkant av den tragiske flyulykka med eit C-130J militært transportfly er Forsvaret påført ekstraordinære meirutgifter knytte til søk og kommisjonsarbeid. Registrerte meirutgifter er lønskostnader, materiellutgifter, forbruksmateriell, reise, transport og overnattingsutgifter for personell. Forsvarsbudsjettet for 2012 er difor føreslått auka med 18,938 mill. kroner for å dekkje dei ekstraordinære kostnadane.

1.3 Grunnlaget for omgrupperinga

1.3.1 Økonomisk grunnlag

Grunnlaget for omgrupperinga er vedteke budsjett for 2012, midlar førte over frå 2011 og dei seinare endringane gjort av Stortinget. Det er òg teke omsyn til forsvarssektoren sin del av lønskompensasjonen for 2012.

Tabell 1.1 Faktisk løyving på utgiftssida, før omgruppering 2012, kjem fram slik (i 1 000 kroner):

Saldert budsjett 2012

40 526 060

Innst. 375 S (2011–2012) til Prop. 111 S (2011–2012) – Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2012 (RNB)

1 398 144

Prop. 151 S (2011–2012) Endringar i ”Regulativ for tillegg mv. til utskrivne vernepliktige mannskap” (”soldatproposisjonen”)

22 163

Budsjettmessige verknader av lønsoppgjeret i det statlege tariffområdet i 2012

438 424

= Faktisk løyving før omgruppering

42 384 791

+ Midlar ført over frå 2011

2 045 705

= Disponible midlar i 2012 før omgrupperinga

44 430 496

Tabell 1.2 Disponibel løyving på inntektssida, før omgruppering 2012, kjem fram slik (i 1 000 kroner):

Saldert budsjett 2012

4 874 769

Innst. 375 S (2011–2012) til Prop. 111 S (2011–2012) – Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2012 (RNB)

541 640

= Løyvingar før omgruppering

5 416 409

1.3.2 Inntekter i 2012

I høve til saldert budsjett for 2012, med dei seinare endringane gjort av Stortinget, vert det ei meirinntekt på 230,768 mill. kroner der 226,338 mill. kroner vert føreslått lagt til utgiftssida. Det vert i denne samanhengen vist til Forsvarsdepartementet si meirinntektsfullmakt i Prop. 1 S (2011–2012) under romartalsvedtak II.

1.3.3 Løyvingsbehov

Tala i tabellane nedanfor syner løyvingsbehov knytt til omgrupperinga for 2012.

Tabell 1.3 Løyvingsbehov på utgiftssida i samband med omgrupperingsproposisjonen vert slik (i 1 000 kroner):

Auke på utgiftssida grunna meirinntekter førde til utgiftssida

226 338

Tilleggsløyving

18 938

Reduksjon på utgiftssida knytt til ”Støttefond for oppbygging av den afghanske hæren” (ANA Trust Fund)

-6 640

Rammeoverføring til Justis- og beredskapsdepartementet

-7 713

= Sum behov ved omgrupperinga

230 923

+ Løyvingar før omgrupperinga

42 384 791

= Samla løyvingar etter omgrupperinga

42 615 714

+ Midlar ført over frå 2011

2 045 705

= Samla disponible midlar i 2012 etter omgrupperinga

44 661 419

Tabell 1.4 Løyvingsbehovet på inntektssida i samband med omgrupperingsproposisjonen vert slik (i 1000 kroner):

Løyvingar før omgrupperinga

5 416 409

Meirinntekter

230 768

= Løyvingar etter omgrupperinga

5 647 177

På bakgrunn av dette føreslår regjeringa under forslag til vedtak, at utgiftsramma vert auka med 230,923 mill. kroner, og at inntektsramma vert auka med 230,768 mill. kroner.