2 Forslag til utgifts- og inntektsendringar på kapitelnivå
Kap. 1700 Forsvarsdepartementet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2012 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
01 | Driftsutgifter | 330 821 | 358 184 | 363 184 |
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten vert føreslått auka med netto 5,000 mill. kroner.
Auken på posten gjeld omdisponering (8,000 mill. kroner) knytt til ein programfunksjon i Forsvarsdepartementet for å leie og koordinere arbeidet med den kommande kompetansereformen, jf. Stortingets behandling av Innst. 388 S (2011–2012) til Prop. 73 S (2011–2012) ”Et forsvar for vår tid”.
Reduksjonen på posten gjeld ei teknisk omdisponering til kapittel 1761, post 01 Nye kampfly med baseløysing (3,000 mill. kroner). Dette gjeld Forsvarsdepartementet sine utgifter knytte til Nye kampfly med baseløysing. Denne posten er ny og vert føreslått oppretta for å synliggjere driftsutgifter i 2012 knytte til kampflykjøpet med baseløysing.
Kap. 1710 Forsvarsbygg og nybygg og nyanlegg
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2012 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
01 | Driftsutgifter | 2 860 870 | 3 192 111 | 3 050 475 |
47 | Nybygg og nyanlegg | 1 715 950 | 1 847 950 | 1 533 950 |
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten vert føreslått redusert med 141,636 mill. kroner grunna mindreinntekter som medfører ein parallell reduksjon av Forsvaret si utgiftsramme, jf. Forsvarsdepartementet si generelle meirinntektsfullmakt. Sjå òg omtale under kapittel 4710, post 01.
Post 47 Nybygg og nyanlegg
Løyvinga på posten vert føreslått redusert med 314,000 mill. kroner.
Reduksjonen på posten gjeld ein teknisk omdisponering til kapittel 1761, post 47 Nye kampfly med baseløysing (14,000 mill. kroner). Posten er ny og vert føreslått oppretta for å synliggjøre utgifter i 2012 knytte til kampflykjøp med baseløysing. Reduksjonen gjelder vidare omdisponering til kapittel 1760, post 45, knytt til nye kampfly, jf. omtale under kapittel 1760, post 45, på 300,000 mill. kroner.
Kap. 4710 Forsvarsbygg og nybygg og nyanlegg
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2012 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
01 | Driftsinntekter | 3 667 457 | 3 984 257 | 3 868 341 |
Post 01 Driftsinntekter
Løyvinga på posten vert føreslått redusert med netto 115,916 mill. kroner.
Reduksjonen på posten gjeld i all hovudsak lågare inntekter knytte til energi, og skuldast m.a. lågare energiprisar enn føresett på budsjetteringstidspunktet (141,636 mill. kroner).
Auken på posten gjeld verknad av lønsoppgjeret i 2012 (25,720 mill. kroner).
Inntektene medfører ein parallell reduksjon av Forsvaret si utgiftsramme, jf. Forsvarsdepartementet si generelle meirinntektsfullmakt.
Kap. 1719 Fellesutgifter og tilskott til føretak under Forsvarsdepartementet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2012 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
01 | Driftsutgifter | 232 746 | 226 100 | 217 313 |
43 | Til disposisjon for Forsvarsdepartementet | 18 000 | 13 300 | 0 |
78 | Noregs tilskott til NATO sitt driftsbudsjett | 240 000 | 164 000 | 159 000 |
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten vert føreslått redusert med netto 8,787 mill. kroner.
Reduksjonen på posten gjeld omdisponering for å dekkje ymse meirbehov på andre kapittel og postar (9,487 mill. kroner).
Auken på posten gjeld meirinntekter (0,700 mill. kroner). Inntektene medfører ein parallell auke av Forsvaret si utgiftsramme, jf. Forsvarsdepartementet si generelle meirinntektsfullmakt og omtale under kapittel 4719, post 01.
Post 43 Til disposisjon for Forsvarsdepartementet
Løyvinga på posten vert føreslått redusert med 13,300 mill. kroner for å dekkje ymse meirbehov på andre kapittel og postar.
Post 78 Noregs tilskott til NATO sitt driftsbudsjett
Løyvinga på posten vert føreslått redusert med 5,000 mill. kroner grunna mindrebehov på posten i 2012.
Kap. 4719 Fellesutgifter og tilskott til føretak under Forsvarsdepartementet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2012 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
01 | Driftsinntekter | 0 | 0 | 700 |
Post 01 Driftsinntekter
Posten er ny og vert føreslått løyvd med 0,700 mill. kroner. Løyvinga gjeld i hovudsak sal av kjørety. Inntektene medfører ein parallell auke av Forsvaret si utgiftsramme, jf. Forsvarsdepartementet si generelle meirinntektsfullmakt.
Kap. 1720 Felles leiing og kommandoapparat
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2012 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
01 | Driftsutgifter | 2 914 228 | 2 732 038 | 2 747 740 |
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten vert føreslått auka med netto 15,702 mill. kroner
Auken på posten gjeld m.a. meirinntekter (49,763 mill. kroner). Inntektene medfører ein parallell auke av Forsvaret si utgiftsramme, jf. Forsvarsdepartementet si generelle meirinntektsfullmakt og omtale under kapittel 4720, post 01. Løyvinga er òg føreslått auka med 8,469 mill. kroner for å dekkje ekstraordinære meirutgifter til søk og kommisjonsarbeid i samband med flyulykka med eit C-130J militært transportfly.
Reduksjonen på posten gjeld m.a. budsjettekniske omdisponering av budsjettansvar for felles etterretnings- og tryggingsavdeling (11,616 mill. kroner). Løyvinga er vidare føreslått redusert grunna teknisk justering av opphavleg fordeling av gevinstar frå effektivisering knytt til utrangering av eigedom, bygg og anlegg (EBA) (10,121 mill. kroner) samt justert effekt i 2012 av interneffektivisering i samsvar med langtidsplanen 2009–2012 (8,578 mill. kroner). Løyvinga er òg føreslått redusert med 10,800 mill. kroner grunna omdisponering til kapittel 1725, post 50, som følgje av høgare utgifter knytte til førtidspensjon av sivile enn lagt til grunn i budsjetteringa. I tillegg er det føreslått andre tekniske justeringar mot andre kapittel som samla gir ein netto reduksjon på 1,415 mill. kroner.
Kap. 4720 Felles leiing og kommandoapparat
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2012 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
01 | Driftsinntekter | 71 465 | 71 465 | 121 228 |
Post 01 Driftsinntekter
Løyvinga på posten vert føreslått auka med 49,763 mill. kroner.
Auken på posten er knytt til refusjon av utgifter i samband med at allierte og samarbeidsnasjonar har vore på øving i Noreg (44,700 mill. kroner). Auken gjeld vidare høgare inntekter enn varsla på budsjetteringstidspunktet knytte til verksemda ved Forsvarets høgskole (3,763 mill. kroner) og ved Cyberforsvaret (1,300 mill. kroner). Inntektene medfører ein parallell auke av Forsvaret si utgiftsramme, jf. Forsvarsdepartementet si generelle meirinntektsfullmakt.
Kap. 1723 Nasjonalt tryggingsorgan
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2012 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
01 | Driftsutgifter | 129 617 | 136 035 | 141 235 |
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten vert føreslått auka med 5,200 mill. kroner.
Auken på posten gjeld meirinntekter. Inntektene medfører ein parallell auke av Forsvaret si utgiftsramme, jf. Forsvarsdepartementet si generelle meirinntektsfullmakt og omtale under kapittel 4723, post 01.
Kap. 4723 Nasjonalt tryggingsorgan
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2012 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
01 | Driftsinntekter | 2 682 | 2 682 | 7 882 |
Post 01 Driftsinntekter
Løyvinga på posten vert føreslått auka med 5,200 mill. kroner.
Auken på posten gjeld refusjon frå m.a. Forsvaret og Norsk Romsenter knytt til reise- og lønsutgifter (2,500 mill. kroner), innbetaling av kursavgifter (1,200 mill. kroner) samt større innbetalingar frå eksterne betalande medlemer i NorCERT enn lagt til grunn i budsjetteringa (1,500 mill. kroner). Inntektene medfører ein parallell auke av Forsvaret si utgiftsramme, jf. Forsvarsdepartementet si generelle meirinntektsfullmakt.
Kap. 1725 Fellesinstitusjonar og -utgifter under Forsvarsstaben
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2012 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
01 | Driftsutgifter | 1 985 053 | 1 858 375 | 1 929 631 |
50 | Overføring Statens pensjonskasse | 19 393 | 15 847 | 26 647 |
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten vert føreslått auka med netto 71,256 mill. kroner.
Auken på posten gjeld m.a. teknisk justering av opphavleg fordeling av effektiviseringsgevinst knytt til utrangering av EBA (67,840 mill. kroner). Løyvinga er vidare føreslått auka grunna høgare kostnader knytte til personell som har gått av med redusert løn enn opphavleg lagt til grunn i budsjetteringa (11,610 mill. kroner). I tillegg vert det føreslått andre omdisponeringar som samla gir ein netto auke på 4,714 mill. kroner.
Reduksjonen på posten gjeld m.a. justert effekt i 2012 av interneffektivisering i samsvar med langtidsplanen 2009–2012 (1,956 mill. kroner) samt teknisk omdisponering av midlar til fleire kapittel knytt til handlingsplan for veteranar (4,630 mill. kroner). Løyvinga er vidare føreslått redusert med 6,322 mill. kroner grunna mindreinntekter. Inntektene medfører ein parallell reduksjon av Forsvaret si utgiftsramme, jf. Forsvarsdepartementet si generelle meirinntektsfullmakt og omtale under kapittel 4725, post 01.
Post 50 Overføring Statens pensjonskasse
Løyvinga på posten vert føreslått auka med netto 10,800 mill. kroner som følgje av høgare utgifter knytte til førtidspensjon av sivile enn tidligare lagt til grunn i budsjetteringa.
Kap. 4725 Fellesinstitusjonar og -utgifter under Forsvarsstaben
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2012 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
01 | Driftsinntekter | 52 383 | 52 383 | 46 061 |
Post 01 Driftsinntekter
Løyvinga på posten vert føreslått redusert med 6,322 mill. kroner.
Reduksjonen på posten gjeld lågare inntekter enn tidlegare lagt til grunn i budsjetteringa knytte til sal av tryggleikstenester. Inntektene medfører ein parallell reduksjon av Forsvaret si utgiftsramme, jf. Forsvarsdepartementet si generelle meirinntektsfullmakt.
Kap. 1731 Hæren
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2012 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
01 | Driftsutgifter | 5 540 610 | 5 843 689 | 5 840 455 |
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten vert føreslått redusert med netto 3,234 mill. kroner.
Reduksjonen på posten gjeld m.a. teknisk justering av opphavleg fordeling av effektiviseringseffekt knytt til utrangering av EBA (20,445 mill. kroner) samt justert effekt i 2012 av interneffektivisering i samsvar med langtidsplanen 2009–2012 (8,607 mill. kroner).
Auken på posten gjeld m.a. teknisk omdisponering til fleire kapittel av midlar knytt til budsjettansvar for vognførarutdanning (2,164 mill. kroner) og opplæring av tenestehundar (0,961 mill. kroner). Løyvinga er òg føreslått auka med 5,843 mill. kroner for å dekkje ekstraordinære meirutgifter til søk og kommisjonsarbeid i samband med flyulykka med eit C-130J militært transportfly. Løyvinga er vidare føreslått auka med 15,000 mill. kroner grunna meirinntekter. Inntektene medfører ein parallell auke av Forsvaret si utgiftsramme, jf. Forsvarsdepartementet si generelle meirinntektsfullmakt og omtale under kapittel 4731, post 01. I tillegg vert det føreslått andre omdisponeringar som samla gir ein netto auke på 1,850 mill. kroner.
Kap. 4731 Hæren
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2012 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
01 | Driftsinntekter | 49 651 | 60 500 | 75 500 |
Post 01 Driftsinntekter
Løyvinga på posten vert føreslått auka med 15,000 mill. kroner.
Auken gjeld inntekter frå utleige av bustadar m.m., samt sal ved Hærens messer. Inntektene har ei tilsvarande utgiftsside og medfører difor ein parallell auke av Forsvaret si utgiftsramme, jf. Forsvarsdepartementet si generelle meirinntektsfullmakt.
Kap. 1732 Sjøforsvaret
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2012 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
01 | Driftsutgifter | 3 417 958 | 3 501 835 | 3 512 407 |
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten vert føreslått auka med netto 10,572 mill. kroner.
Auken på posten gjeld m.a. høgare drivstoffkostnader enn lagt til grunn i budsjetteringa (8,000 mill. kroner), teknisk omdisponering av midlar frå fleire kapittel knytt til budsjettansvaret for diverse utdanning (2,530 mill. kroner) samt teknisk omdisponering frå kapittel 1725, post 01, knytt til handlingsplan for veteranar (1,900 mill. kroner). Løyvinga er òg føreslått auka med 1,263 mill. kroner for å dekkje ekstraordinære meirutgifter til søk og kommisjonsarbeid i samband med flyulykka med eit C-130J militært transportfly. Løyvinga er vidare føreslått auka med 8,900 mill. kroner grunna meirinntekter. Inntektene medfører ein parallell auke av Forsvaret si utgiftsramme, jf. Forsvarsdepartementet si generelle meirinntektsfullmakt og omtale under kapittel 4732, post 01.
Reduksjonen på posten gjeld m.a. teknisk justering av opphavleg fordeling av effektiviseringseffekt knytt til utrangering av EBA (8,141 mill. kroner) samt justering av effekt i 2012 av interneffektivisering i samsvar med langtidsplanen 2009–2012 (3,683 mill. kroner). I tillegg vert det føreslått andre omdisponeringar som samla gir ein netto reduksjon på 0,197 mill. kroner.
Kap. 4732 Sjøforsvaret
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2012 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
01 | Driftsinntekter | 38 031 | 38 031 | 46 931 |
Post 01 Driftsinntekter
Løyvinga på posten vert føreslått auka med 8,900 mill. kroner.
Auken gjelder refusjon frå NATO knytt til lønskostnader (5,000 mill. kroner), sal av tenester til Forsvarsbygg (renovasjon og førebyggande brannteneste 1,700 mill. kroner) samt avfallshandtering for besøkande farty ved Haakonsvern (2,200 mill. kroner). Inntektene har ei tilsvarande utgiftsside og medfører difor ein parallell auke av Forsvaret si utgiftsramme, jf. Forsvarsdepartementet si generelle meirinntektsfullmakt.
Kap. 1733 Luftforsvaret
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2012 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
01 | Driftsutgifter | 4 133 922 | 4 304 603 | 4 364 148 |
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten vert føreslått auka med netto 59,545 mill. kroner.
Auken på posten gjeld m.a. teknisk omdisponering frå kapittel 1790, post 01, knytt til operativ testing og evaluering av helikoptra NH90 (45,000 mill. kroner). I tillegg er løyvinga føreslått auka grunna justert effekt på kapitlet som følgje av omdanninga av Luftforsvarets hovudverkstad Kjeller (LHK) til statsføretak i 2011 (2,637 mill. kroner), jf. Innst. 60 S (2011–2012) til Prop. 3 S (2011–2012) og Innst. 7 S (2011–2012) til Prop. 1 S Tillegg 1 (2011–2012). Løyvinga er òg føreslått auka med 3,054 mill. kroner for å dekkje ekstraordinære meirutgifter til søk og kommisjonsarbeid i samband med flyulykka med eit C-130J militært transportfly. Løyvinga er vidare føreslått auka med 15,000 mill. kroner grunna meirinntekter. Inntektene medfører ein parallell auke av Forsvaret si utgiftsramme, jf. Forsvarsdepartementet si generelle meirinntektsfullmakt og omtale under kapittel 4733, post 01.
Reduksjonen på posten gjeld m.a. justert effekt i 2012 av interneffektivisering i samsvar med langtidsplanen 2009–2012 (2,914 mill. kroner). I tillegg vert det føreslått andre omdisponeringar som samla gir ein netto reduksjon på 3,232 mill. kroner.
Kap. 4733 Luftforsvaret
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2012 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
01 | Driftsinntekter | 165 030 | 205 830 | 220 830 |
Post 01 Driftsinntekter
Løyvinga på posten vert føreslått auka med 15,000 mill. kroner.
Auken på posten gjeld inntekter i samsvar med samhandlingsavtale om drift av flyplassar med AVINOR. Inntektene har ein tilsvarande utgiftsside og medfører ein parallell auke av Forsvaret si utgiftsramme, jf. Forsvarsdepartementet si generelle meirinntektsfullmakt.
Kap. 1734 Heimevernet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2012 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
01 | Driftsutgifter | 1 109 252 | 1 114 710 | 1 119 839 |
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten vert føreslått auka med 5,129 mill. kroner.
Auken på posten gjeld m.a. teknisk omdisponering av garnisonstenester og vakt- og sikringsoppdrag utført for Forsvaret sitt operative hovudkvarter (3,600 mill. kroner) samt teknisk omdisponering frå fleire kapittel av midlar knytt til utdanning (1,405 mill. kroner). I tillegg vert det føreslått andre omdisponeringar som samla gir ein netto auke på 0,124 mill. kroner.
Kap. 1735 Etterretningstenesta
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2012 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
21 | Spesielle driftsutgifter | 998 104 | 1 021 459 | 1 019 677 |
Post 21 Spesielle driftsinntekter
Løyvinga på posten vert føreslått redusert med 1,782 mill. kroner som er knytt til budsjettekniske omdisponeringar.
Kap. 1740 Forsvarets logistikkorganisasjon
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2012 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
01 | Driftsutgifter | 2 317 090 | 2 425 399 | 2 659 518 |
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten vert føreslått auka med netto 234,119 mill. kroner.
Auken på posten gjeld m.a. justering av effekt i 2012 av interneffektivisering i samsvar med langtidsplanen 2009–2012 (32,865 mill. kroner), justert effekt på kapitlet som følgje av omdanninga av LHK til statsføretak i 2011 (24,900 mill. kroner), jf. Innst. 60 S (2011–2012) til Prop. 3 S (2011–2012) og Innst. 7 S (2011–2012) til Prop. 1 S Tillegg 1 (2011–2012), samt høgare kostnader enn lagt til grunn i budsjetteringa knytte til EBA (31,739 mill. kroner). Løyvinga er òg føreslått auka med 0,309 mill. kroner for å dekkje ekstraordinære meirutgifter til søk og kommisjonsarbeid i samband med flyulykka med eit C-130J militært transportfly. Løyvinga er vidare føreslått auka med 154,154 mill. kroner grunna meirinntekter. Inntektene medfører ein parallell auke av Forsvaret si utgiftsramme, jf. Forsvarsdepartementet si generelle meirinntektsfullmakt og omtale under kapittel 4740, post 01. I tillegg vert det føreslått andre omdisponeringar som samla gir ein netto auke på 1,056 mill. kroner.
Reduksjonen på posten gjeld m.a. justert fordeling av opphavleg effektiviseringseffekt knytt til utrangering av EBA (10,904 mill. kroner).
Kap. 4740 Forsvarets logistikkorganisasjon
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2012 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
01 | Driftsinntekter | 90 277 | 127 277 | 331 431 |
Post 01 Driftsinntekter
Løyvinga på posten vert føreslått auka med 204,154 mill. kroner.
Auken på posten gjeld m.a. sal av drivstoff til allierte og samarbeidsnasjonar på øving i Noreg (66,000 mill. kroner), tilbakebetaling av utlegg for kostnader knytte til tenester utført for SAAB Bofors(15,000 mill. kroner), sal av Norwegian Advanced Surface to Air Missile System (NASAMS) rakettar til Kongsberg Defence & Aerospace(34,000 mill. kroner), sal av seks missiltorpedobåtskrog til CAS Global(22,176 mill. kroner), sal av TOW-missilar til US Marine Corps (60,000 mill. kroner) samt sal av ammunisjon til politiet og NATO Support Agency (NSPA) (2,000 mill. kroner). I tillegg er det føreslått andre mindre justeringar som samla gir ein auke på 4,978 mill. kroner. Inntektene medfører ein parallell auke av Forsvaret si utgiftsramme, jf. Forsvarsdepartementet si generelle meirinntektsfullmakt.
Kap. 1760 Nyskaffingar av materiell og nybygg og nyanlegg
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2012 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
01 | Driftsutgifter | 922 061 | 979 255 | 923 883 |
44 | Fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeid, nasjonalfinansiert del | 40 137 | 40 137 | 31 037 |
45 | Større utstyrsskaffingar og vedlikehald | 8 092 324 | 8 152 342 | 8 558 698 |
48 | Fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeid, fellesfinansiert del | 81 000 | 81 000 | 66 000 |
75 | Fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeid, Noregs tilskott til NATO sitt investeringsprogram for tryggleik | 95 000 | 95 000 | 68 745 |
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten vert føreslått redusert med 55,372 mill. kroner.
Reduksjonen på posten gjeld m.a. teknisk omdisponering til kapittel 1761, post 01 Nye kampfly med baseløysing (45,000 mill. kroner). Denne posten er ny og vert føreslått oppretta for å synleggjere driftsutgifter i 2012 knytte til kampflykjøp med baseløysing. Løyvinga er vidare føreslått redusert knytt til justering av effekt i 2012 av interneffektivisering i samsvar med langtidsplanen 2009–2012 (2,956 mill. kroner) samt omdisponering til høgare prioritert verksemd på forsvarsbudsjettet (7,994 mill. kroner). I tillegg vert det føreslått andre omdisponeringar som samla gir ein netto reduksjon på 1,444 mill. kroner.
Auken på posten gjeld m.a. meirinntekter (2,022 mill. kroner). Inntektene medfører ein parallell auke av Forsvaret si utgiftsramme, jf. Forsvarsdepartementet si generelle meirinntektsfullmakt og omtale under kapittel 4760, post 01.
Post 44 Fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeid, nasjonalfinansiert del
Løyvinga på posten vert føreslått redusert med 9,100 mill. kroner grunna lågare framdrift på NATO-prosjekta Air Command and Control System (ACCS), Broadcast and Ship to Shore Communication (BRASS) og Joint Warfare Centre (JWC). Midlane vert føreslått omdisponerte til kapittel 1760, post 45.
Post 45 Større utstyrsskaffingar og vedlikehald
Løyvinga på posten vert føreslått auka med 406,356 mill. kroner.
Auken på posten gjeld m.a. meirinntekter (59,772 mill. kroner). Inntektene medfører ein parallell auke av Forsvaret si utgiftsramme, jf. Forsvarsdepartementet si generelle meirinntektsfullmakt og omtale under kapittel 4740 og 4760. Løyvingane på posten er vidare føreslått auka med 35,355 mill. kroner grunna omdisponering frå kapittel 1760, postane 44 og 75. Løyvingane er òg føreslått auka knytt til omdisponering frå kapittel 1710, post 47 (300,000 mill. kroner). I tillegg vert det føreslått andre omdisponeringar som samla gir ein auke på 11,229 mill. kroner.
Kjøp av kampfly med baseløysing inneber ei særskilt utfordring knytt til å fordele dei samla utbetalingane slik at dei er tilpassa forsvarsramma for det enkelte budsjettår. Ein syner til nærmare omtale i Prop. 73 S (2011–2012) ”Et forsvar for vår tid”, kapittel 6.2.2. Det er naudsynt med tilpassingar i resten av investeringsporteføljen. For å auke fleksibiliteten i disponeringa av dei samla investeringsløyvingane til Forsvaret i 2012, er det som eit eingongstiltak behov for å halde tilbake midlar på posten frå føremål under kapittel 1760, post 45, slik dei vert omtala i Prop. 1 S (2011–2012) frå Forsvarsdepartementet, eit tiltak som Stortinget slutta seg til gjennom behandlinga av Innst. 375 S (2011–2012) til Prop. 111 S (2011–2012) – Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2012. Desse midlane vil verte omdisponerte til kampflyinvesteringar for etterfølgjande år. Følgjande disponeringsendringar vert føreslåtte innanfor kapittel 1760, post 45:
Tabell 2.1 Formålstabell (ref. Prop. 1 S (2011–2012) side 81)
(i mill. kr) | |||
---|---|---|---|
Område | Planlagt utbetalt i 2012 i samsvar med Prop. 1 S (2011–2012) | Ny prognose for utbetaling i 2012 | Netto endring som vert om disponert til kampfly |
Landsystem | 1 513 | 1 122 | -391 |
Sjøsystem | 2 370 | 2 056 | -314 |
Luftsystem | 1 332 | 994 | -338 |
Nettverksbasert forsvar (NBF) | 1 240 | 468 | -772 |
Logistikksystem | 865 | 561 | -304 |
Spesialoperasjonar og soldatsystem | 674 | 669 | -5 |
LOS-programmet i Forsvaret | 193 | 207 | +14 |
Kampflyprogrammet | -108 | 0 | 0 |
Avsetting til kampflyanskaffinga | 0 | 0 | +2 110 |
Totalt | 8 079 | 6 077 | 0 |
I tillegg til summen som er sett i formålstabellen for 2012, som tilsvarer tildelinga for i år, er det overført 1 380,000 mill. kroner frå 2011. Desse pengane er nytta i 2012, men har medført større mindreforbruk på den ordinære tildelinga. Det vert difor føreslått å disponere 669,000 mill. kroner meir til avsetjing til kampflyutbetaling i framtida. Beløpet kan stort sett verte tilskrive mindreforbruket som følgje av forseinka levering av NH90-helikopter. Vidare føreslår regjeringa å tilføre posten 406,356 mill. kroner i denne proposisjonen som skal avsettast til det same føremålet. Regjeringa føreslår dermed å halde tilbake totalt 3,185 mrd. kroner i 2012 til kampflyinvesteringar for etterfølgjande år. Dette kan ein gjere grunna leverandørforseinkingar, utsette betalingar, eller lågare betalingar enn tidlegare lagte til grunn.
Post 48 Fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeid, fellesfinansiert del
Løyvinga på posten vert føreslått redusert med 15,000 mill. kroner grunna mindreinntekt. Inntektene medfører ein parallell reduksjon av Forsvaret si utgiftsramme, jf. Forsvarsdepartementet si generelle meirinntektsfullmakt og omtale under kapittel 4760, post 48.
Post 75 Fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeid, Noregs tilskott til NATO sitt investeringsprogram for tryggleik
Løyvinga på posten vert føreslått redusert med 26,255 mill. kroner.
Utbetalingane på posten er avhengig av den totale produksjonen i alle 28 medlemslanda i NATO, og kan i svært liten grad påverkast av Noreg. Prognosen er basert på låge innbetalingskrav frå NATO i første, andre og tredje kvartal 2012. I tillegg er det forventa ytterlegare kutt i ramma for NATO sitt investeringsprogram for tryggleik i 2012. Midlane vert foreslått omdisponert til kapittel 1760, post 45.
Kap. 4760 Nyskaffingar av materiell og nybygg og nyanlegg
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2012 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
01 | Driftsinntekter | 0 | 0 | 2 022 |
45 | Store nyskaffingar | 0 | 60 900 | 70 672 |
48 | Fellesfinansierte byggje- og anleggsinntekter | 81 000 | 81 000 | 66 000 |
Post 01 Driftsinntekter
Posten er ny og vert føreslått løyvd med 2,022 mill. kroner.
Løyvinga gjeld tilbakebetaling av utlegg i samband med helikopterprosjektet. Inntektene medfører ein parallell auke av Forsvaret si utgiftsramme, jf. Forsvarsdepartementet si generelle meirinntektsfullmakt.
Post 45 Store nyskaffingar
Løyvinga på posten vert føreslått auka med 9,772 mill. kroner.
Auken gjeld meirinntekter knytte til royalty og konvensjonalbøter (1,698 mill. kroner) og sal som følgje av oppgradering av Sting Ray mod 0 torpedo (8,074 mill. kroner). Inntektene medfører ein parallell auke av Forsvaret si utgiftsramme, jf. Forsvarsdepartementet si generelle meirinntektsfullmakt.
Post 48 Fellesfinansierte byggje- og anleggsinntekter
Løyvinga på posten vert føreslått redusert med 15,000 mill. kroner grunna lågare innbetalingar frå NATO enn lagt til grunn i budsjetteringa. Inntektene medfører ein parallell reduksjon av Forsvaret si utgiftsramme, jf. Forsvarsdepartementet si generelle meirinntektsfullmakt.
Kap. 1761 Nye kampfly med baseløysing
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2012 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
01 | Driftsutgifter | 0 | 0 | 48 000 |
47 | Nybygg og nyanlegg | 0 | 0 | 14 000 |
Post 01 Driftsutgifter
Posten er ny og vert føreslått oppretta for å synleggjere driftsutgifter knytte til kampflykjøp med baseløysing. Det vert føreslått ei løyving på 48,000 mill. kroner i 2012. Midlane vert omdisponerte frå kapittel 1760, post 01 (45,000 mill. kroner) og frå kapittel 1700, post 01 (3,000 mill. kroner).
Post 47 Nybygg og nyanlegg
Posten er ny og vert føreslått oppretta for å synleggjere EBA-utgifter knytte til kampflykjøp med baseløysing. Det vert føreslått ei løyving på 14,000 mill. kroner i 2012. Midlane vert omdisponerte frå kapittel 1710, post 47.
Kap. 1790 Kystvakta
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2012 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
01 | Driftsutgifter | 993 385 | 1 011 128 | 959 009 |
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten vert føreslått redusert med netto 52,119 mill. kroner.
Reduksjonen på posten gjeld m.a. teknisk omdisponering av midlar til kapittel 1733, post 01, knytt til operativ testing og evaluering av helikoptra NH90 (45,000 mill. kroner). Løyvingane er vidare føreslått reduserte grunna mindrebehov på posten i 2012 (6,252 mill. kroner). I tillegg vert det føreslått andre omdisponeringar som samla gir ein netto reduksjon på 0,867 mill. kroner.
Kap. 1791 Redningshelikoptertenesta
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2012 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
01 | Driftsutgifter | 524 137 | 589 368 | 585 271 |
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten vert føreslått redusert med netto 4,097 kroner.
Reduksjonen på posten gjeld m.a. lågare kostnader enn lagt til grunn i budsjetteringa i samband med Forsvaret sitt bidrag til Justis- og beredskapsdepartementet sitt redningshelikopterprosjekt (NAWSAHR) (7,000 mill. kroner). I tillegg vert det føreslått andre omdisponeringar som samla gir ein netto reduksjon på 0,162 mill. kroner.
Auken på posten gjeld m.a. meirinntekter (3,065 mill. kroner). Inntektene medfører ein parallell auke av Forsvaret si utgiftsramme, jf. Forsvarsdepartementet si generelle meirinntektsfullmakt og omtale under kapittel 4791, post 01.
Kap. 4791 Redningshelikoptertenesta
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2012 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
01 | Driftsinntekter | 480 071 | 523 511 | 531 006 |
Post 01 Driftsinntekter
Løyvinga på posten vert føreslått auka med netto 7,495 mill. kroner.
Auken på posten gjeld verknad av lønsoppgjeret i 2012 for Justis- og beredskapsdepartementet sin del av Redningshelikoptertenesta (4,430 mill. kroner). Vidare er løyvinga føreslått auka grunna høgare forventa innbetalingar frå Justis- og beredskapsdepartementet grunna justert effekt på vedlikehaldskostnader for Redningshelikoptertenesta som følgje av omdanninga av LHK til statsføretak i 2011 (7,713 mill. kroner), jf. Innst. 60 S (2011–2012) til Prop. 3 S (2011–2012) og Innst. 7 S (2011–2012) til Prop. 1 S Tillegg 1 (2011–2012).
Reduksjonen på posten gjeld m.a. lågare enn venta innbetalingar frå Justis- og beredskapsdepartementet knytt til drift av Redningshelikoptertenesta (4,648 mill. kroner).
Kap. 1792 Norske styrkar i utlandet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2012 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
01 | Driftsutgifter | 1 234 320 | 1 211 058 | 1 199 622 |
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten vert føreslått redusert med 11,436 mill. kroner.
Reduksjonen på posten gjeld m.a. lågare dollarkurs på utbetalingstidspunktet enn lagt til grunn i budsjetteringa knytt til allereie føretatte utbetalingar i 2012 til ”Støttefond for oppbygging av den afghanske hæren” (6,640 mill. kroner). Løyvinga er vidare føreslått redusert grunna justering av effekt i 2012 av interneffektivisering i samsvar med langtidsplanen 2009–2012 (1,403 mill. kroner) samt omdisponering til høgare prioritert verksemd på forsvarsbudsjettet grunna lågare utgifter til operasjonar i utlandet enn lagt til grunn i budsjetteringa (54,394 mill. kroner). I tillegg vert det føreslått andre omdisponeringar som samla gir ein netto reduksjon på 3,113 mill. kroner.
Auken på posten gjeld m.a. meirinntekter (50,000 mill. kroner). Inntektene medfører ein parallell auke av Forsvaret si utgiftsramme, jf. Forsvarsdepartementet si generelle meirinntektsfullmakt og omtale under kapittel 4792, post 01. Løyvingane er vidare føreslått auka grunna teknisk omdisponering av lønsmidlar knytte til personell i internasjonal teneste (4,114 mill. kroner).
Kap. 4792 Norske styrkar i utlandet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2012 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
01 | Driftsinntekter | 10 368 | 30 368 | 80 368 |
Post 01 Driftsinntekter
Løyvinga på posten vert føreslått auka med 50,000 mill. kroner.
Auken på posten gjeld refusjonar som følgje av forvaltingsavtalar som regulerer kostnadsdeling mellom andre samarbeidsnasjonar og FN. Inntektene medfører ein parallell auke av Forsvaret si utgiftsramme, jf. Forsvarsdepartementet si generelle meirinntektsfullmakt.
Kap. 1795 Kulturelle og allmennyttige føremål
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2012 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
01 | Driftsutgifter | 246 271 | 264 494 | 270 956 |
60 | Tilskott til kommunar | 1 696 | 1 696 | 1 596 |
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten vert føreslått auka med 6,462 mill. kroner.
Auken på posten gjeld m.a. høgare kostnader enn lagt til grunn i budsjetteringa knytte til EBA (1,252 mill. kroner) og Forsvarsmuseet (5,000 mill. kroner). I tillegg vert det føreslått det andre omdisponeringar som samla gir ein netto auke på 0,210 mill. kroner.
Post 60 Tilskott til kommunar
Løyvinga på posten vert føreslått redusert med 0,100 mill. kroner og er omdisponert til prioritert verksemd på forsvarsbudsjettet.