3 Bestillingsfullmakter
Regjeringa foreslår ein auke av bestillingsfullmakter i 2012:
Bestillingsfullmakterunder kapittel 1720 Felles leiing og kommandoapparat, post 01 driftsutgifter, vert føreslått auka med 420,000 mill. kroner, frå 30,000 til 450,000 mill. kroner. Bestillingsfullmakta gjeld langtidskontraktar knytte til Forsvarets informasjonsinfrastruktur og Forsvarets sanitet.
Bestillingsfullmakterunder kapittel 1731 Hæren, post 01 driftsutgifter, vert føreslått reduserte med 200,000 mill. kroner, frå 600,000 til 400,000 mill. kroner grunna mindrebehov i 2012.
Bestillingsfullmakterunder kapittel 1732 Sjøforsvaret, post 01 driftsutgifter, vert føreslått auka med 860,000 mill. kroner, frå 100,000 mill. kroner til 960,000 mill. kroner. Bestillingsfullmakta gjeld langtidskontraktar knytte til drift av Sjøforsvaret og gjeld m.a. teknisk støtte og vedlikehaldsavtalar knytte til materiell.
Bestillingsfullmakterunder kapittel 1733 Luftforsvaret, post 01 driftsutgifter, vert føreslått auka med 450,000 mill. kroner, frå 600,000 mill. kroner til 1 050,000 mill. kroner. Bestillingsfullmakta gjeld langtidskontraktar knytte til drift av Luftforsvaret og gjeld m.a. teknisk støtte og vedlikehaldsavtalar knytte til materiell, samt trening og opplæring.
Bestillingsfullmakter under kapittel 1760 Nyskaffingar av materiell og nybygg og nyanlegg, post 45 Større utstyrsskaffingar og vedlikehald,vert føreslått reduserte med 3 500,000 mill. kroner, frå 18 500,000 mill. kroner til 15 000,000 mill. kroner grunna mindrebehov i 2012, då kampflyutgifter vert overførde til eige kapittel.
Det vert føreslått bestillingsfullmakterunder kapittel 1761 Nye kampfly med baseløysing, post 45 Større utstyrsskaffingar og vedlikehald på 3 500,000 mill. kroner. Bestillingsfullmaktene gjeld to fly med tilhøyrande utstyr i tillegg til restutbetalingar på JSM 2 og APEX fase 1.