Prop. 29 L (2011–2012)

Endringar i helsepersonellova om pliktig fråhald m.m.

Til innhaldsliste

4 Forslag til endring i helsepersonellova § 8 om pliktig fråhald

Departementet deler uroa til Helsetilsynet for tryggleiken til pasientane og kvaliteten i helsetenesta når det no i aukande omfang blir avdekt bruk av rusmiddel både før og under tenesta. Det er både alkohol, narkotika og legemiddel som blir nytta som rusmiddel. Testane som skal kunne takast, må derfor kunne avdekkje konsentrasjonar av alle desse rusmiddeltypane.

4.1 Gjeldande rett

Reglane som finst i dag om plikt for helsepersonell til ikkje å vere rusa i arbeidstida, går fram av helsepersonellova og arbeidsmiljølova. Det same gjeld grunnlaget for å kunne teste for bruk av rusmiddel ved mistanke.

Helsepersonellova

Gjeldande regulering av pliktig fråhald finst i helsepersonellova § 8. Paragrafen lyder slik:

Helsepersonell skal ikke innta alkohol eller andre rusmidler i arbeidstiden.
Legemidler som er nødvendige på grunn av sykdom, regnes ikke som rusmidler etter første ledd. Helsepersonell som inntar slike legemidler, skal snarest orientere sin arbeidsgiver om dette.
Departementet kan i forskrift bestemme at helsepersonell skal kunne pålegges å avgi utåndingsprøve, blodprøve eller lignende prøve ved mistanke om overtredelse av første ledd, og kan gi bestemmelser om forbud mot inntak av rusmidler i et nærmere bestemt tidsrom før tjenestetiden begynner.

Den fullmakta departementet har til å gje forskrift om pliktig fråhald, har ikkje vore nytta tidlegare. Det finst derfor ikkje andre uttrykkjelege reglar om pliktig fråhald for helsepersonell enn dei som er fastsette i denne paragrafen.

Indirekte må likevel ei plikt til fråhald seiast å følgje også av helsepersonellova § 4, da det her er fastsett at helsepersonell skal gjere arbeidet sitt i samsvar med dei krava til fagleg forsvarleg og omsorgsfull hjelp som kan påreknast ut frå helsepersonellets kvalifikasjonar, arbeidets karakter og situasjonen elles. Dersom helsepersonellet bryt kravet til fagleg forsvarleg og omsorgsfull hjelp, kan tilsynsverket reagere med å reise tilsynssak. Dette kan resultere i både åtvaring, tilbakekalling av autorisasjon o.a. Kravet til fagleg forsvarleg arbeid i § 4 omfattar også inntak av rusmiddel før arbeidsstart, sidan det for helsepersonell ikkje kan reknast som fagleg forsvarleg å nytte rusmiddel i eit visst tidsrom før arbeidet byrjar.

Helsepersonellova § 8 gjev ikkje i seg sjølv heimel til å kunne påleggje helsepersonell å levere utandingsprøve, blodprøve eller liknande prøve ved mistanke om brot på forbodet mot inntak av alkohol eller andre rusmiddel i arbeidstida eller i eit visst tidsrom før arbeidstida har byrja.

Tredje ledd i paragrafen gjev likevel departementet rett til i forskrift å gje reglar om slik prøvetaking.

Arbeidsmiljølova

I lov 17. juni 2005 om arbeidsmiljø, arbeidstid og stillingsvern mv. (arbeidsmiljøloven) § 9-4 er det heimel for at arbeidsgjevar kan gje arbeidstakar pålegg om medisinske undersøkingar når

  • det følgjer av lov eller forskrift

  • stillinga fører med seg særleg risiko

  • arbeidsgjevaren finn det nødvendig for å verne liv eller helse.

Så lenge det ikkje er fastsett ved lov eller forskrift at medisinske undersøkingar kan påleggjast, er det altså svært strenge vilkår for at arbeidsgjevar kan krevje medisinske undersøkingar av arbeidstakar, jf. andre og tredje strekpunkt. Heimelen i arbeidsmiljølova er derfor ikkje tilstrekkeleg til å sikre at helsepersonell kan påleggjast å ta blodprøve o.l. ved mistanke om bruk av rusmidel i eller i eit visst tidsrom før arbeidsstart. § 9-4 i arbeidsmiljølova omfattar heller ikkje helsepersonell som ikkje er i eit tilsetjingsforhold.

4.2 Andre nordiske land

I Sverige og Danmark har dei inga uttrykkjeleg regulering av bruk av rusmiddel hos helsepersonell, verken i eller utanfor arbeidstida. Ved bruk av rusmiddel kan det likevel vere aktuelt med arbeidsrettslege reaksjonar og reaksjonar frå tilsynsverket.

Heller ikkje Island har i dag noko direkte forbod mot bruk av rusmiddel, men det ligg no eit forslag til lov om helsepersonell til behandling i Alltinget. Her er det foreslått forbod mot å arbeide under påverknad av alkohol eller andre rusmiddel. Det er òg tilrådd ein heimel til å kunne fastsetje forbod mot inntak av rusmiddel i eit visst tidsrom før arbeidet byrjar. Forslag til slike reglar er ikkje utarbeidde.

I Finland er bruk av rusmiddel regulert i lova som omhandlar dei som er utdanna til å arbeide innafor helsetenesta. Ved mistanke om bruk av rusmiddel kan vedkomande helsepersonell bli framstilt for legeundersøking eller undersøking på sjukehus. Lova gjev òg høve til å fastsetje reaksjonar i form av avgrensa godkjenning eller tilbakekalling.

4.3 Regulering innanfor andre sektorar

Innanfor samferdselssektoren er reglane om pliktig fråhald litt ulikt utforma avhengig av om det dreier seg om veg/jernbane eller luftfart. I alle dei aktuelle lovene finst det likevel reglar som forbyr inntak av alkohol og andre rusmiddel både før og under teneste. Forbodet mot å nytta rusmiddel før ein går på arbeid, gjeld for eit tidsrom på 8 timar i alle lovene. Felles er også at politiet kan koplast inn når det er behov for framstilling til prøvetaking.

Ruspåverka køyring er eit stort trafikktryggleiks- og samfunnsproblem. Ein stor del av trafikkulykkene med hardt skadde eller drepne skjer i samband med ruspåverka køyring. Medan talet på promillekøyrarar har gått noko ned, har det dei siste 10-20 åra vore ein auke i køyring under påverknad av narkotika og legemiddel. Det er i dag eit mishøve at vi har ei strengare grense for alkoholpåverknad (promillegrense på 0,2) enn for anna ruspåverknadsvurdering. Saker der motorvognføraren er påverka av anna rus, er derfor mykje meir tid- og ressurskrevjande for strafferettspleia enn promillesaker er.

Ei arbeidsgruppe som i mars 2009 la fram rapporten Kjøring under påvirkning av andre rusmidler enn alkohol, kom med framlegg til fleire endringar i vegtrafikklova. Rapporten er følgd opp i Prop. 9 L (2010-2011) om endringar i vegtrafikklova relatert til ruspåverka køyring m.m. Høyringa synte brei oppslutning om dei sentrale lovforslaga, og den vedtekne endringslova er sanksjonert og delvis sett i kraft, jf. lov 17. desember 2010 nr. 91 om endringar i vegtrafikklova relatert til ruspåverka køyring m.m.

Det primære formålet med lovendringane relatert til ruspåverka køyring er å betre trafikktryggleiken og effektivisere ressursbruken hos politi, påtalemakt og domstolar. Lova har òg som formål å skape betre samsvar mellom reglar om alkoholpåverka køyring og regulering av køyring under påverknad av andre stoff.

Samferdselsdepartementet sette våren 2010 ned ei medisinskfagleg rådgjevingsgruppe for å greie ut eit vitskapleg grunnlag for å underbyggje moglege grenseverdiar for andre stoff enn alkohol. Desse grensene vil bli nærmare fastsette i forskrift gjeven av Samferdselsdepartementet.

Den faglege rådgjevingsgruppa leverte i desember 2010 rapporten Etablering av faste grenser for påvirkning av andre stoff enn alkohol. Samferdselsdepartementet har på bakgrunn av rapporten utarbeidt ei ny forskrift om faste grenser for påverknad av andre rusande eller bedøvande stoff enn alkohol. Rapporten saman med utkast til forskrift vart send på høyring med høyringsfrist 17. mars 2011. Høyringsoppsummeringa er no i gang, og ein tek sikte på at forskrifta vil bli sett i verk fyste halvår 2012 saman med resterande endringar i vegtrafikklova.

4.4 Høyringsframlegget frå departementet

I høyringsframlegget frå departementet var det gjort framlegg om ei forskrift med heimel i helsepersonellova § 8 om pliktig fråhald. Framlegget til forskrift og innspela frå høyringsinstansane vil ikkje bli nærmare drøfta her. Med tanke på den vidare drøftinga av lovendringa er det likevel grunn til å streka under at framlegget om ei forskrift om pliktig fråhald vart svært godt motteke og fekk lita motbør i høyringsrunden.

Høyringsframlegget inneheldt òg som tidlegare nemnd eit framlegg om endring i helsepersonellova § 8 tredje ledd. Endringa vil gje departementet fullmakt til i forskrift å påleggje helsepersonell å avleggje rusprøve ved mistanke om bruk av rusmiddel i arbeidstida og å forby inntak av rusmiddel i eit visst tidsrom før arbeidsstart. Departementet skreiv følgjande i høyringsnotatet:

4.4.1 Behov for endring av helsepersonellova § 8 – utvida forskriftsheimel

Departementet har vurdert om forskriftsheimelen i helsepersonellova § 8 tredje ledd også gjev heimel til å påleggje helsepersonell å ta utandingsprøve, blodprøve eller liknande prøve ved mistanke om inntak av rusmiddel før arbeidsstart. Det er vidare vurdert om heimelen gjev rett til å gje reglar om moglege reaksjonar dersom helsepersonellet nektar å ta blodprøve eller liknande prøve.

Slik ordlyden i heimelen er, går det ikkje tydeleg fram at departementet kan gje reglar i forskrift om å påleggje prøvetaking ved mistanke om bruk av rusmiddel før arbeidsstart. Det går heller ikkje klart fram om det er heimel for å gje reglar om reaksjonsformer dersom nokon nektar å ta prøve. Spørsmålet er om dette likevel kan tolkast inn i gjeldande lovgjeving, eller om legalitetsprinsippet krev at det må gå tydelegare fram av ordlyden.

4.4.1.1 Pålegg om blodprøvetaking o.a. ved mistanke om bruk av rusmiddel før arbeidsstart

Helsepersonellova § 8 tredje ledd gjev departementet rett til å fastsetje i forskrift eit forbod mot inntak av rusmiddel i eit visst tidsrom før arbeidet byrjar. Vidare gjev regelen høve til i forskrift å fastsetje at helsepersonell kan påleggjast å ta blodprøve o.l. dersom det er mistanke om bruk av rusmiddel i arbeidstida. Forskriftsheimelen gjev altså ikkje departementet utvitydig rett til å gje reglar om å kunne påleggje nokon å ta blodprøve o.l. i dei tilfella ein har mistanke om at helsepersonell har rusa seg før dei går på arbeid.

Departementet går ut frå at det ikkje er tilsikta frå lovgjevar at bruk av rusmiddel hos helsepersonell skal handterast forskjellig alt etter om sjølve inntaket av rusmiddel har skjedd i arbeidstida eller på førehand. Det avgjerande må vere om det er tale om bruk som kan få uheldige konsekvensar for pasienttryggleiken og for kvaliteten på helsehjelpa. Utan rett til å påleggje prøvetaking også når det er mistanke om at nokon har rusa seg før vedkomande kom på arbeid, vil ikkje dette kunne følgjast opp på same måten som når nokon rusar seg i arbeidstida. Departementet meiner derfor at det også bør kunne gjevast påbod om å avleggje prøver i dei tilfella det er mistanke om at helsepersonell har rusa seg før arbeidsstart.

Jamvel om ein heimel til å gje reglar om dette kanskje kan tolkast inn i føresegnene i helsepersonellova § 8, vurderer departementet det slik at inngrepet trass alt er så vidtgåande at det krev ein tydelegare lovheimel. På denne bakgrunnen vil departementet foreslå å endre ordlyden i helsepersonellova § 8 tredje ledd, slik at det blir klart uttrykt at departementet også kan gje reglar om at helsepersonell kan påleggjast å ta utandingsprøve, blodprøve eller liknande prøver ved mistanke om bruk av rusmiddel før arbeidsstart.

4.4.1.2 Reaksjonsmåtar dersom helsepersonellet nektar å ta utandingsprøve, blodprøve eller liknande prøver

Helsepersonellova § 8 tredje ledd gjev heller ikkje departementet utvitydig heimel til å gje reglar om reaksjonsformer overfor dei som eventuelt nektar å ta prøve. Dersom helsepersonell kan kome unna prøvetaking ved å nekte, og arbeidsgjevaren eller tilsynsverket ikkje kan reagere mot dette, vil ein ikkje i stor nok grad få oppfylt formålet med pålegget, nemleg å få stadfesta eller avkrefta mistanken om at det er nytta rusmiddel. Å få konstatert om mistanken stemmer eller ikkje, er viktig både av omsyn til framtidig tryggleik for pasientane og for vidare oppfølging av det aktuelle helsepersonellet. Vidare oppfølging kan ikkje basere seg berre på mistanke; ein må ha eit prøveresultat å vise til. Når nokon nektar å ta prøve, bør det derfor finnast ei form for reaksjonsmåte.

Uavhengig av reaksjonsform meiner departementet at det trengst tydeleg heimel i lov for å kunne reagere på ein viss måte. Slik departementet ser det, kan ikkje den noverande heimelen til å gje påbod om prøvetaking tolkast så vidt at han også omfattar det å kunne reagere dersom helsepersonellet nektar å levere prøve. Departementet vil derfor foreslå å utvide forskriftsheimelen i helsepersonellova § 8 tredje ledd til også å omfatte ein heimel for departementet til å gje reglar om korleis det skal kunne reagerast dersom helsepersonellet nektar å ta utandingsprøve, blodprøve eller liknande prøver.

Alternative reaksjonsformer

Slik departementet vurderer det, er det to alternative reaksjonsformer som kan vere aktuelle dersom helsepersonellet nektar å ta prøve. Det eine alternativet er å framstille vedkomande for prøvetaking ved hjelp av politiet, det andre er å jamstille nekting av å ta prøve med positiv prøve.

Nektar helsepersonell å ta prøve, er det mykje som kan tale for at mistanken om at helsepersonellet er påverka av rusmiddel, er underbygd. Det kan derfor vere nærliggjande å jamstille det å nekte med at det er levert positiv prøve. Men departementet legg vekt på at dette likevel ikkje vil vere noko bevis på at bruk av rusmiddel har gått føre seg. I røynda vil ein berre sitje att med ein mistanke. Da vil ein heller ikkje ha noko eige grunnlag for vidare oppfølging av helsepersonellet, også fordi manglande prøve inneber at ein ikkje kan få svar på kva helsepersonellet har rusa seg på.

Av dei to reaksjonsmåtane, anten framstilling ved hjelp av politiet eller å jamstille nekting av å ta prøve med positiv prøve, har departementet derfor kome til at den beste løysinga er å kunne framstille for prøvetaking med hjelp av politiet, slik som etter veg-, jernbane- og luftfartslovgjevinga.

4.4.2 Arbeidsrettslege reaksjonsformer

Departementet har også vurdert om dei arbeidsrettslege reaksjonsformene oppseiing eller avskjed kan vere aktuelle dersom helsepersonell nektar å ta utandingsprøve, blodprøve eller liknande prøver. Dei to reaksjonsformene er regulerte i arbeidsmiljølova §§ 15-3 og 15-14.

Utan å gå nærmare inn på vilkåra for dei arbeidsrettslege reaksjonane oppseiing og avskjed legg departementets vekt på at ein ved desse reaksjonsformene ikkje får stadfesta eller avkrefta om vedkommande helsepersonell har brukt rusmiddel. Det å få avklart ein slik mistanke er heilt avgjerande for kva tiltak eller reaksjonar ein skal setje i verk.

Tiltak kan vere for eksempel tett oppfølging og hjelp til rusavvenning, tilrettelagde arbeidsoppgåver der helsepersonellet ikkje kan vere til fare for pasientar, eller arbeid under tilsyn. Reaksjonar kan vere alt frå ei åtvaring til tilbakekall av autorisasjonen etter reglane i helsepersonellova. I dei tilfella det kan vere aktuelt å kalla tilbake autorisasjonen, er det avgjerande at dette kan gjennomførast, slik at helsepersonellet ikkje kan vere ein fare for tryggleiken til pasientane i framtida. Dersom ein i slike tilfelle berre kunne reagere med oppseiing eller avskjed, ville det aktuelle helsepersonellet kunne få seg nytt arbeid ein annan plass og på den måten representere ein like stor fare for pasientane der.

Departementet si vurdering er derfor at dei arbeidsrettslege reaksjonsformene oppseiing eller avskjed ikkje er tilstrekkelege til å sikre at all helsehjelp blir gjeve av helsepersonell som ikkje er påverka av rusmiddel. Eit viktig tilleggsargument er dessutan at det finst fleire tusen helsepersonell som arbeider sjølvstendig, og som dermed ikkje er omfatta av arbeidsmiljølova og dei arbeidsrettslege reaksjonane der.

4.4.3 Forholdet til personopplysningslova

Departementet har vurdert om lov 14. april 2000 om behandling av personopplysninger (personopplysningslova) kan vere til hinder for behandling av opplysningar som oppstår ved at arbeidsgjevar eller tilsynsverk pålegg helsepersonellet å ta prøver for å konstatere eventuelt bruk av rusmiddel. Etter departementet si vurdering kjem slike opplysningar inn under lova, og da vil dei etter § 2 nr. 8 bokstav b vere sensitive personopplysningar, fordi dei er opplysningar om «at en person har vært mistenkt, siktet, tiltalt eller dømt for en straffbar handling». Strafferegelen går fram av helsepersonellova § 67, som gjev heimel for å straffe den som med forsett eller av aktløyse bryt lovreglar, medrekna forbodet mot inntak av alkohol og andre rusmiddel, jf. kap. 3 om gjeldande rett.

For å kunne behandle sensitive personopplysningar, må minst eitt av vilkåra i personopplysningslova § 9, i tillegg til minst eitt av vilkåra i § 8, vere oppfylt.

Behandling av personopplysningar som oppstår ved at ein tek prøve for å konstatere eventuelt bruk av rusmiddel, fell etter departementet si vurdering inn under § 8 bokstav f. Dette alternativet opnar for å behandle personopplysningar når dette er nødvendig for «at den behandlingsansvarlige eller tredjepersoner som opplysningene utleveres til kan vareta en berettiget interesse, og hensynet til den registrertes personvern ikke overstiger denne interessen». Slik departementet vurderer det, kan ikkje omsynet til personvernet for den registrerte gå føre den rettkomne interessa som ligg i å behandle opplysningar om noko som det i eller i medhald av helsepersonellova vil vere forbod mot. Å sikre pasientane at dei helsetenestene dei tek imot, har høg kvalitet og blir utførte på ein tryggast mogleg måte, må etter departementet si vurdering også reknast for å vere ei rettkomen interesse som må gå føre omsynet til personvernet for den registrerte.

I tillegg til å oppfylle minst eitt av vilkåra i § 8 vil behandling av sensitive personopplysningar også krevja at minst eitt av vilkåra i § 9 bokstavane a til h er oppfylt. I § 9 bokstav f blir det opna for å behandle sensitive opplysningar når dette er nødvendig for å gjennomføre arbeidsrettslege plikter eller rettar. Departementet meiner at behandling av personopplysningar som oppstår etter prøvetaking ved mistanke om inntak av rusmidlar i eller i forkant av tenesta, vil falla inn under dette vilkåret. Å påleggje arbeidstakar/helsepersonell å ta utandingsprøve, blodprøve eller liknande prøve ved mistanke om inntak av rusmiddel vil nemleg vere nødvendig for at arbeidsgjevar og tilsynsverk skal kunne følgje opp dei fullmaktene dei har etter helsepersonellova § 8 med forskrift.

Departementet meiner på bakgrunn av vurderingane ovanfor at personopplysningslova ikkje er til hinder for å behandle opplysningar som oppstår ved prøvetaking i samband med mistanke om inntak av rusmidlar i arbeidstida eller i forkant av arbeidsstarten.

4.5 Høyringa

Både forslaget til forskrift om pliktig fråhald og forslaget til endring i helsepersonellova § 8 fekk brei tilslutning i høyringa. Av dei 62 høyringsinstansane som svara, var det berre seks som var imot forslaga. Av dei 62 var det 25 som spesielt kommenterte framlegget til lovendring.

Arbeidsdepartementet (AD) uttalte følgjande:

«Arbeidsdepartementet (AD) stiller seg positivt til at arbeidsgiver eller Helsetilsynet skal kunne kreve rustesting av arbeidstaker ved mistanke om ruspåvirkning i arbeidstiden. Det er sentralt at arbeidstakerne i helsevesenet ikke setter pasienters liv og helse i fare ved å være påvirket på jobb, og at dette kan håndheves og kontrolleres.
AD stiller imidlertid spørsmål ved om forslaget om pliktmessig avhold før arbeidsstart generelt og adgangen til å få bistand fra politiet går lengre enn det som er nødvendig i forhold til de resultater som søkes oppnådd.»

Vidare skreiv AD:

«Hvis hjemmelen i § 8 ansees utilstrekkelig til at det kan tas rustester i disse tilfellene, bør man etter departementets oppfatning heller vurdere å løse dette ved å justere bestemmelsen, slik at den lyder:
«Helsepersonell skal ikke innta eller være påvirket av alkohol eller andre rusmidler i arbeidstiden.»
Dette vil for det første bedre understreke forbudet mot å være ruset på arbeid, uavhengig av når rusbruken har skjedd. Det vil også medføre at hjemmelen i tredje ledd, som gir adgang til å rusteste helsepersonell, også vil omfatte tilfeller der arbeidstakeren har ruset seg i forkant av arbeidsøkten.»

Om prøvetaking ved hjelp av politiet skreiv AD:

«I høringsbrevet legges det til grunn at arbeidsgiver/Helsetilsynet ikke vil ha noen midler til å fremtvinge rustesting, dersom arbeidstaker ikke samtykker (nekter å la seg teste).
Dersom man tar i bruk hjemmelen i § 8, som gir helsepersonell plikt til å avgi rustest ved mistanke om påvirkning av rusmidler i arbeidstiden (og ikke bare ved mistanke om inntak i arbeidstiden, som i dag), vil nektelse av å avgi en slik test for det første være straffbart etter helsepersonelloven § 57.
Departementet vil videre peke på at arbeidsrettslig vil det å nekte å avgi en rustest i strid med pålegg som er hjemlet i lov være et klart brudd på arbeidstakers plikter i arbeidsforholdet, og kan gi grunnlag for arbeidsrettslige sanksjoner som advarsel, oppsigelse eller avskjed. Når plikten er lovfestet, vil kravet om undersøkelse også dekkes av § 9-4 1. ledd bokstav a) i arbeidsmiljøloven, som regulerer adgangen til å kreve medisinske undersøkelser.
Helse- og omsorgsdepartementet har lagt til grunn at de arbeidsrettslige sanksjonene ikke vil være egnede, fordi man risikerer at arbeidstakerne bare tar seg arbeid nye steder og fortsetter misbruket. AD vil i denne forbindelse understreke at trussel om oppsigelse/avskjed normalt ansees å være svært alvorlig, og at disse sanksjonsmidlene ikke utelukker at man i stedet følger opp arbeidstakeren, f.eks. ved tilrettelagte oppgaver og hjelp til rusavvenning.
Når det gjelder helsepersonell som ikke er arbeidstakere vil en nektelse av å avgi prøve etter pålegg fra Helsetilsynet, foruten å være straffbart, kunne føre til advarsel eller at autorisasjonen trekkes tilbake, jf. helsepersonelloven §§ 57 og 60. Dette vil for øvrig også kunne være aktuelle sanksjoner for helsepersonell som er arbeidstakere.
Fordi man, som det fremgår ovenfor, har en rekke bestemmelser som gir indirekte tvangsmyndighet, kan det stilles spørsmål ved behovet for å fastsette tvangsmyndighet for politiet i helsepersonelloven i tillegg til myndigheten påtalemyndigheten har etter straffeprosessloven § 157. I sammenheng med dette kan det også reises spørsmål om bruk av politimyndighet i disse situasjonene er riktig prioritering av politiets ressurser.
Departementet ser imidlertid at det kan være grunn til å innføre en slik bestemmelse, blant annet fordi bestemmelsen i § 8 vil gi lavere terskel for å gjennomføre kroppslig undersøkelse enn det straffeprosessloven gir, og fordi en slik bestemmelse kan virke avskrekkende.»

Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet skreiv følgjande om framlegget til lovendring:

«Fornyings-, administrasjons- og kirkedepartementet (FAD) støtter forslagene til lovendring og ny forskrift om pliktmessig avhold for helsearbeidere. I kraft av å være statens sentrale arbeidsgiver samt å ha ansvar for personvern, finner vi likevel grunn til å kommentere enkelte punkter.
Vedrørende høringsnotatets pkt. 7.2.2. Alternative reaksjonsformer.
Statens helsetilsyn uttaler i sitt forslag at det bør være tilstrekkelig å anse nektelse av å ta prøve, som positiv prøve. HODs drøftelse går imot dette ved å konkludere med at den beste løsningen er å be om politiets assistanse i slike tilfeller. FAD støtter HODs konklusjon i dette spørsmålet og tiltrer HODs argumenter.»

Statens helsetilsyn støtta òg departementet si vurdering av at framstilling ved hjelp av politiet er ei betre løysing enn å likestille det å nekte å avleggje prøve med at det er avlagt positiv prøve, slik Helsetilsynet først gjorde framlegg om.

Landsorganisasjonen (LO) uttalte mellom anna følgjande:

«LO oppfatter forslaget om politiassistert tvungen prøvetaking som en svekkelse av personvern og rettsikkerheten for personell i helsevesenet. Det er etter LOs syn viktig å fortsatt opprettholde et klart skille mellom pliktbrudd og de mer alvorlige overtredelser som hører inn under tilsynsmyndighetens ansvar, og overtredelser som kan medføre strafferettslig forfølgning.
Departementet drøfter i høringsnotatet to alternative reaksjonsformer. Det ene er å fremstille for prøvetaking ved hjelp av politiet, det andre er å sidestille nekting av å ta en prøve med et positivt prøvesvar. Det siste alternativet har Statens Helsetilsyn gått inn for.
LO støtter forslaget fra Statens helsetilsyn, at det å nekte å avgi prøve innebærer en bekreftelse på at rusmidler er brukt enten innenfor de 8 timene som pliktmessig avhold innebærer, eller i tjenestetiden. Ellers er det LOs oppfatning at Arbeidsmiljølovens arbeidsrettslige reaksjonsformer er aktuelle dersom helsepersonell nekter prøvetaking.
LO avviser endringsforslag i § 8 tredje ledd om at helsepersonell kan bli fremstilt for prøvetaking med bistand fra politiet, både før tjenestetidens begynnelse og i tjenestetiden, hvis det nektes å avlegge prøve.»

Datatilsynet skreiv følgjande:

«Etter Datatilsynets vurdering fremkommer det ikke klart når prøvetaking skal skje. Datatilsynet legger til grunn at prøvetaking kan skje i forbindelse med at arbeidstiden begynner eller i løpet av arbeidstiden. Det legges ikke opp til prøvetaking i hele tidsrommet med pliktmessig avhold. I slike tilfeller vil man lett tråkke over grensen for privatlivets fred. Datatilsynet ber om tilbakemelding dersom vår tolking ikke er korrekt.
Involvering av politiet
En god og åpen dialog mellom arbeidsgiver og den ansatte er viktig for å unngå unødig testing. Nedsatt yteevne eller oppmerksomhet på jobben kan skyldes helt andre forhold enn rus – slik som samlivsbrudd, nattevåk eller økonomiske bekymringer. Rustesting kan i slike tilfeller avkrefte en mistanke, men kan også forsterke en følelse av maktesløshet for den ansatte. I visse situasjoner vil det imidlertid ikke være tid eller mulighet for slik dialog.
Datatilsynet har merket seg departementets vurdering av hvorfor det er nødvendig å involvere politiet. Dersom politiet skal kunne involveres, bør dette etter Datatilsynets vurdering være helt unntaksvis, og det må komme klart fram i hvilke situasjoner dette kan gjøres.
Datatilsynet støtter Statens helsetilsyn i at nekting av blod- eller innåndingsprøve må kunne likestilles med positivt svar. Da vil de vanlige arbeidsrettslige reaksjonsformene — herunder oppsigelse eller avskjed — kunne vurderes dersom den ansatte nekter å bli testet frivillig. Datatilsynet antar at autorisasjonen kan trekkes tilbake i slike tilfeller. For å unngå at personer ruser seg i nye arbeidsforhold, er det viktig å sjekke kandidatenes referanser ved ansettelse.»

Legeforeningen skreiv:

«Legeforeningen støtter de mål departementet skisserer. Etter Legeforeningens vurdering må det være nulltoleranse for at helsepersonell er påvirket av rusmidler i forbindelse med tjenesteutøvelsen.
Legeforeningen har derfor støttet de reguleringer vi i dag har for pliktmessig avhold når det gjelder helsepersonell. Vi ser at det er behov for justeringer i gjeldende regelverk, og vil bidra konstruktivt i dette arbeidet.
Legeforeningen mener at det må være høy bevissthet om de utfordringer som finnes knyttet til helsepersonell og misbruk av rusmidler blant helsepersonell, arbeidsgivere og andre. Det må arbeides målrettet for åpenhet og tidlig intervensjon for å kunne motvirke situasjoner med rusmiddelmisbruk i forbindelse med tjenesteutøvelsen.
Legeforeningen ser ikke at de foreslåtte tiltakene er hensiktsmessige og tilstrekkelig målrettet for å kunne understøtte arbeidet med rusmiddelmisbruk i helsetjenesten. Forslagene fra departementet er relativt vidtrekkende og retter seg mot alt helsepersonell under ett uten noen form for differensiering.
I forslaget er det ikke foretatt vurderinger av hvilke utilsiktede virkninger dette forslaget kan få. Forslagene bryter med den metodikk som er utviklet i et trepartssamarbeid i norsk arbeidsliv de siste 50 år, hvor AKAN har stått sentralt. Åpenhet og sosial kontroll er grunnleggende hensyn bak denne tilnærmingen. Legeforeningen vil understreke betydningen av at AKAN konsulteres i forbindelse med vurderinger av behov for endringer i regelverket i slike spørsmål.»

Vidare skreiv Legeforeningen:

«Det er uforholdsmessig inngripende at testing skal kunne skje utenfor tjenestetid og tjenestested. Videre er det uforholdsmessig inngripende at testing skal kunne kreves gjennomført ved hjelp av politiet.
Etter Legeforeningens vurdering vil det være tilstrekkelig at arbeidsgiver (evt tilsynsmyndigheten) får en tilstrekkelig klar hjemmel for midlertidig å stanse tjenesteutførelsen dersom helsepersonell nekter å underkaste seg testing når vilkårene er oppfylt for dette. Det må under enhver omstendighet utarbeides klarere retningslinjer for krav om prøvetaking, samt stilles krav til utstyr og metoder som brukes i prøvehåndteringen. Når det gjelder selve analysemetodene og stoffer som vil kunne analyseres er det også store utfordringer, se uttalelsen fra Nasjonalt folkehelseinstitutt om at det per i dag ikke er fastsatt grenser for konsentrasjon av legemidler i blod som kan sammenlignes med gitte promilleverdier for alkohol.
Etter vår vurdering må pålitelige forskningsresultater legges til grunn dersom man ønsker å sette grenser for konsentrasjoner av ulike stoffer, og spesielt medikamenter. Eventuelle tiltak på grunn av misbruk må ha utgangspunkt i vitenskapelig begrunnede analysedata. Vi bidrar gjerne i den videre diskusjon om utvikling av tiltak for å redusere omfanget av rusmiddelmisbruk blant helsepersonell.»

Den rettsmedisinske kommisjonen foreslo at lovteksten også burde omtale tilfelle der nokon prøver å unndra seg prøvetaking på andre måtar enn ved å nekte. Kommisjonen gjorde også framlegg om ei utviding av første ledd der det i dag berre er vist til alkohol og andre rusmiddel. Kommisjonen skreiv: «I forskriften kunne det med fordel stått: «… alkohol, rusmidler og andre sløvende og/eller berusende stoffer…».»

Statens helsepersonellnemnd skreiv:

«For det tilfellet at helsepersonellet skulle nekte å avgi prøver, er det foreslått at helsepersonellet kan bli fremstilt for prøvetaking med bistand frå politiet. Som et alternativ er det nevnt at en kunne velge å likestille nekting med positivt resultat. Allerede i dag er det i nemnda praksis et moment i bevisvurderingen dersom vedkommende helsepersonell ved mistanke om ruspåvirkning i tjenesten nekter å samtykke til rusprøve. Dette vil kunne svekke helsepersonellets sak, og vil kunne være en presumpsjon for at vedkommende har vært ruspåvirket. Selv om mye taler for at helsepersonellet kan være ruspåvirket dersom han/hun nekter å avgi prøve, mener vi at det er grunnlag for å lovfeste tvungen fremstilling for prøvetaking ved hjelp fra politiet. Slik vil en kunne bekrefte mistanken om rusmiddelbruk. En vil også da få svar på hva slags rusmidler vedkommende har inntatt, og en vil bedre kunne legge til rette for rehabilitering og eventuelt senere tilbakevending til yrket. Vi ser at tvungen prøvetaking med bistand fra politiet vil kunne oppleves krenkende, men mener at hensynet til pasientsikkerheten må veie tyngst. En må nøye vurdere behovet for slik tvungen prøvetaking i det konkrete tilfellet før det skjer, og det er viktig at de vurderingene som gjøres dokumenteres.»

4.6 Departementet sine vurderingar og framlegg

I det følgjande vil departementet vurdere dei to forslaga til utviding av forskriftsheimelen i helsepersonellova § 8 som var skisserte i høyringsnotatet. I tillegg vil vi også vurdere dei forslaga til endra ordlyd i § 8 første og tredje ledd som det har kome innspel om mellom anna frå Arbeidsdepartementet og Den rettsmedisinske kommisjonen.

4.6.1 Om heimel for å kunne påleggje prøvetaking ved mistanke om at helsepersonell er rusa ved arbeidsstart

Departementet si vurdering er, som det gjekk fram av høyringsnotatet, at den heimelen som går fram av helsepersonellova § 8 tredje ledd, ikkje dekkjer det å kunne påleggje prøvetaking når helsepersonell har rusa seg før arbeidsstart slik at dei møter rusa på jobb.

Ein del høyringsinstansar forstod framlegget i høyringsnotatet slik at arbeidsgjevar eller tilsynsmyndigheitene skal kunne påleggje prøvetaking på fritida ved mistanke om bruk av rusmidlar. Dette var ikkje meininga. Det departementet meinte, var at i dei tilfella det ligg føre mistanke om at helsepersonell har nytta rusmiddel før tenestetida byrjar, skal arbeidsgjevar eller tilsynsmyndigheitene kunne påleggje rustesting når arbeidstakar møter rusa på arbeid. Slik heimelen er i dag, kan pålegg om rustesting berre skje når det er mistanke om at helsepersonellet har rusa seg i arbeidstida.

Det var få av innspela som gjekk imot forslaget frå departementet om at ein òg skal kunne teste for bruk av rusmiddel i dei tilfella helsepersonell møter rusa på arbeid. Arbeidsdepartementet har som nemnt kome med eit framlegg til ei tilføying i § 8 første ledd, slik at det i tillegg til forbodet om å bruke alkohol eller andre rusmiddel i arbeidstida også skal vera forbod mot å «være påvirket» i arbeidstida. Ved eit slikt tillegg vil det òg vere heimel i § 8 tredje ledd til å gje forskrift om å kunne påleggje rustesting når det er mistanke om at helsepersonell er rusa når dei kjem på arbeid. Dette fordi tredje ledd viser til første ledd. Ved ei slik endring er det unødvendig med den tilføyinga i tredje ledd som departementet gjorde framlegg om i høyringsnotatet.

Departementet er einig i framlegget frå Arbeidsdepartementet og foreslår ei slik lovendring. Ei endring i tråd med framlegget frå Arbeidsdepartementet gjer det heilt klart at § 8 første ledd ikkje berre gjeld inntak av rusmiddel i arbeidstida, men at det i det heile er forbode å vera påverka av rusmiddel i arbeidstida. Departementet ser det slik at dette vil gjera det klarare for brukarane av lova kva som er meininga, og det inneber dermed ei betring av lovteksten.

4.6.2 Om heimel for å kunne framstille helsepersonell ved hjelp av politiet når helsepersonell nektar å avleggje rusprøver

Ved å framstille for prøvetaking ved hjelp frå politiet når helsepersonell nektar å avleggje rusprøver, vil ein både få konstatert om mistanken om bruk av rusmiddel stemmer, og ein vil få svar på kva type rusmiddel som har vorte nytta. Begge delar er etter departementets vurdering viktig for den vidare oppfølginga av saka.

Sjølv om Helsetilsynet i det første innspelet sitt til departementet gjorde framlegg om at det å nekte å avleggje rusprøve skulle likestillast med å ha avlagt positiv prøve, har Helsetilsynet i høyringssvaret sitt støtta forslaget frå departementet.

Arbeidsdepartementet drøfta i høyringsfråsegna si om ein kan sikre nødvendig oppfølging av helsepersonell som er rusa i arbeidstida, gjennom dei virkemidla ein alt har, dvs. ved arbeidsrettslege sanksjonar og sanksjonar som mellom anna tilbakekall av autorisasjon og åtvaring i helsepersonellova. I så fall ville det vere unødvendig med ein eigen forskriftsheimel til å kunne gje føresegner om at helsepersonell kan bli framstilte med bistand frå politiet dersom dei nektar å avleggje blodprøve mv. Arbeidsdepartementet meinte dagens regelverk i utgangspunktet burde vere godt nok, men konkluderte likevel med at det i saker etter helsepersonellova kan vere grunn til å nytte politiet ved framstilling for prøvetaking mellom anna «fordi bestemmelsen i § 8 vil gi lavere terskel for å gjennomføre kroppslig undersøkelse enn det straffeprosessloven gir, og fordi en slik bestemmelse kan virke avskrekkende».

Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet, som statens sentrale arbeidsgjevar og ansvarleg for personvernet, støtta også forslaget og argumentasjonen frå Helse- og omsorgsdepartementet om behovet for å kunne framstille helsepersonell ved hjelp av politiet dersom helsepersonellet nektar å avleggje blodprøve eller andre prøver.

Datatilsynet derimot støtta ikkje forslaget om å kunne involvere politiet når helsepersonell nektar å avleggje prøver. Dersom ei slik ordning likevel blir innført, peikte Datatilsynet på at dette berre bør skje heilt unntaksvis, og at det bør kome klart fram i kva situasjonar politiet kan trekkjast inn.

Legeforeningen peikte i fråsegna si på at det ikkje var vurdert kva utilsikta verknader framstilling med bistand frå politiet kan få for den (behandlings)metodikken som er utvikla i eit trepartssamarbeid i norsk næringsliv dei siste 50 åra, og der AKAN har stått sentralt. Legeforeningen viste til at openheit og sosial kontroll er grunnleggjande omsyn bak denne tilnærminga.

Helse- og omsorgsdepartementet har vurdert innvendingane mot forslaget om politibistand ved framstilling av helsepersonell for prøvetaking, og har kome til at omsynet til tryggleiken for pasientane må vege tyngre enn dei ulempene dette kan føre med seg for helsepersonellet. Her er det også viktig å peike på at helsepersonell unngår framstilling med politibistand dersom dei lèt seg teste frivillig. Det er berre i dei situasjonane helsepersonell nektar å avleggje rustestar, at politiet skal kunne koplast inn. Røynsler frå samferdselsområdet, tilseier at involvering av politiet berre vil skje unntaksvis også når det gjeld helsepersonell. Departementet reknar med at helsepersonell heller vil avleggje prøve frivillig enn at dette skal skje ved tvangstiltak frå politiet. Derfor vil det at regelverket opnar for å trekkje inn politiet, først og fremst verke førebyggjande, slik departementet ser det.

På denne bakgrunn kan departementet heller ikkje sjå at forslaget kjem i konflikt med det arbeidet som blir gjort gjennom AKAN og gjennom openheit og sosial kontroll på arbeidsplassen. Anna arbeid som går føre seg i regi av AKAN mv., vurderer departementet som viktig, men heller ikkje her kan departementet sjå at det vil vere noko problem å ha ein regel om prøvetaking med bistand frå politiet i dei unntakstilfella helsepersonellet ikkje frivillig går med på å avleggje prøve når dei blir bedt om det. Departementet finn ikkje at det har kome mange eller tungtvegande nok høyringssvar som gjev grunn til å gå bort frå forslaget i høyringsnotatet, og gjer på denne bakgrunn framlegg om at helsepersonell som nektar å avleggje rusprøver, skal kunne framstillast for prøvetaking ved hjelp av politiet.

4.6.3 Om å unndra seg frå prøvetaking på andre måtar enn ved å nekte

Framlegget frå Den rettsmedisinske kommisjonen om ei tilføying i tredje ledd, slik at det òg skal kunne påleggjast prøvetaking ved hjelp av politiet når helsepersonellet «på annen måte unndrar seg å avgi prøve» (enn ved å nekte), er etter departementet si vurdering ei tydeleggjering som sikrar at heimelen også dekkjer andre måtar å unndra seg prøvetaking på. Departementet gjer derfor framlegg om ei slik tilføying i § 8.

4.6.4 Om ei utviding av omtalen av type rusmiddel

Som det går fram ovanfor, gjorde Den rettsmedisinske kommisjonen også framlegg om at det i tillegg til å vere forbod mot inntak av alkohol og andre rusmiddel bør vere forbod mot inntak av andre «sløvende og/eller berusende stoffer». Formålet var å sikre at også legemiddel skal vere omfatta av omgrepet rusmiddel i § 8.

Helse- og omsorgsdepartementet vil peike på at det i regjeringa sin handlingsplan mot rusmiddelproblem 2003-2005 finst følgjande omtale av kva ein legg i omgrepet rusmiddel:

«Med rusmidler menes her alle stoffer som gir rus på grunn av sin virkning på hjernen. Disse omfatter alkohol, illegale stoffer (cannabis, amfetamin, heroin, osv.), løsemidler og visse legale legemidler (sovemidler, beroligende midler). Felles for alle er at rusen vil være kjennetegnet av oppstemthet, konsentrasjonssvekkelse, hukommelses- og innlæringssvikt, kritikkløshet og endret stemningsleie. Hvert rusmiddel har også typiske egenvirkninger.»

Departementet meiner dessutan at legemiddel alt er omfatta av ordlyden i § 8 ved at det i andre ledd i paragrafen går fram at legemiddel i utgangspunktet kan vere rusmiddel.

Departementet gjer på denne bakgrunn ikkje framlegg om eit slikt tillegg i lovteksten som Den rettsmedisinske kommisjonen foreslo i høyringa.

Til forsida