5 Framlegg til endring i spesialisthelsetenestelova § 2-3 om lands- og fleirregionale funksjonar og marknadsføring av spesialisthelsetenester
5.1 Gjeldande rett
Lov 2. juli 1999 nr. 61 om spesialisthelsetjenesten m.m. (spesialisthelsetjenesteloven) § 2-3 nr. 1 regulerer den fullmakta departementet har til å gje forskrift om «lands- og fleirregionale funksjoner». Same nemninga er nytta i overskrifta til den aktuelle paragrafen.
I spesialisthelsetenestelova § 4-1 er det gjeve fullmakt til at departementet kan gje forskrift om «andre typer helseinstitusjoner og helsetjenester» enn sjukehus.
I forskrift 17. desember 2010 nr. 1706 om godkjenning av sykehus, bruk av betegnelsen universitetssykehus og nasjonale tjenester i spesialisthelsetjenesten, er godkjenning av nasjonale- og flerregionale behandlingstenester og nasjonale kompetansetenester regulert.
5.2 Høyringsforslaget frå departementet og høyringa
Da forslag til endringar i forskrift 18. desember 2001 nr. 1539 om godkjenning av sykehus og om landsfunksjoner og nasjonale medisinske kompetansesenterfunksjoner ved sykehus var på høyring hausten 2010, vart det òg gjort framlegg om ei teknisk endring i spesialisthelsetenestelova § 2-3. Det vart gjort framlegg om ei felles nemning for alle dei tenestene som i dag går under nemningane «landsfunksjoner», «flerregionale funksjoner», «nasjonale medisinske kompetansesenterfunksjoner» og «kompetansesentre for sjeldne og lite kjente diagnoser og funksjonshemminger». Framlegget gjekk ut på at «landsfunksjoner» skal kallast «nasjonale behandlingstjenester», flerregionale funksjoner» skal kallast «flerregionale behandlingstjenester» og «nasjonale medisinske kompetansesenterfunksjoner» og «kompetansesentre for sjeldne og lite kjente diagnoser og funksjonshemminger» skal kallast «nasjonale kompetansetjenester». Det var gjort framlegg om at fellesnemninga «nasjonale tjenester i spesialisthelsetjenesten» også skal gå fram av spesialisthelsetenestelova § 2-3 nr. 1.
Det vart i høyringsnotatet vist til at noverande heimel til å gje forskrift om «nasjonale medisinske kompetansesenterfunksjoner» og «kompetansesentre for sjeldne og lite kjente diagnoser og funksjonshemminger» ligg i spesialisthelsetenestelova § 4-1, utan at dette går klart fram av ordlyden. I § 4-1 står det at det kan gjevast forskrift om «godkjenning av andre typer helseinstitusjoner og helsetjenester» enn sjukehus.
Det var ingen av høyringsinstansane som gav tilbakemelding på forslaget til endring i spesialisthelsetenestelova § 2-3.
5.3 Departementet sine vurderingar og framlegg
Departementet gjer framlegg om endring i spesialisthelsetenestelova § 2-3 nr. 1 i tråd med høyringsnotatet, slik at fellesnemninga «nasjonale tjenester i spesialisthelsetjenesten» blir den nemninga som dekkjer det som tidlegare gjekk under nemningane «lands- og flerregionale funksjoner», «nasjonale medisinske kompetansesenterfunksjoner» og «kompetansesentre for sjeldne og lite kjente diagnoser og funksjonshemminger». På denne måten vil det også bli samsvar mellom dei nemningane som er nytta i dei forskriftendringane som vart gjorde 17. desember 2010 om dei ulike tenestene i spesialisthelsetenesta.