3 Programkategori 21.20 Vegformål
Kap. 1320 Statens vegvesen
Post 23 Trafikktilsyn, drift og vedlikehald av riksvegar m.m.
Flaum
Flaum fleire stader i landet i 2011 har ført til store skadar på riksvegnettet. Kostnadene til å utbetre og reparere skadane på riksvegnettet i Hedmark og Oppland etter flaumen i juni 2011 var 51 mill. kr. Eit overslag over kostnadene til å utbetre og reparere skadar på riksvegnettet etter flaum fleire andre stader i perioden juli-september 2011 utgjer til saman om lag 53 mill. kr. Totalt er kostnadene rekna til 104 mill. kr.
Samferdselsdepartementet foreslår å auke løyvinga på kap. 1320, post 23 Trafikktilsyn, drift og vedlikehald av riksvegar m.m., med 104 mill. kr.
Når det gjeld midlar til fylkesvegnettet på grunn av flaum, viser departementet til Kommunal- og regionaldepartementet sin proposisjon.
Omdisponering mellom postar
Statens vegvesen reknar med at det vil bli eit meirforbruk på post 23 Trafikktilsyn, drift og vedlikehald av riksvegar m.m., i 2011. Årsakene til meirforbruket er m.a. utbetring av betydelege skadar etter telehiv vinteren 2010/2011 og trafikktryggleikstiltak i Oslofjordtunnelen etter brann. Samferdselsdepartementet foreslår derfor å auke løyvinga på kap. 1320, post 23 Trafikktilsyn, drift og vedlikehald av riksvegar m.m., med til saman 150 mill. kr ved å omdisponere i alt 150 mill kr frå kap. 1320, post 36 E16 over Filefjell og post 37 E6 vest for Alta, jf. omtalen under desse postane.
Realistisk budsjettering av inntekter
På grunn av endra inntektsoverslag på kap. 4320, post 02 Diverse gebyr, foreslår departementet å auke løyvinga på kap. 1320, post 23 Trafikktilsyn, drift og vedlikehald av riksvegar m.m., med 112 mill. kr, jf. omtalen under kap. 4320, post 02.
Oppsummering
Samferdselsdepartementet foreslår å auke løyvinga på kap. 1320, post 23 Drift og vedlikehald av riksvegar m.m., med i alt 366 mill. kr.
Post 25 (Ny) Betalingar for arbeid utført før 2010 på dei nye fylkesvegane
I budsjettet for 2010 blei det foreslått ei eingongsløyving på 500 mill. kr for å dekkje plikter som Statens vegvesen tok på seg i 2009, men som ikkje kom til utbetaling før i 2010 på det vegnettet som fylkeskommunane overtok frå 1. januar 2010. Det står framleis att nokre tvistesaker som ikkje blei sluttførte i 2010. Desse tvistesaker utgjer om lag 45 mill. kr. Av dette er om lag 25 mill. kr utgifter i 2011. For nokre av tvistesakene er det uvisse med omsyn til kva resultatet blir og når dei er rettskraftige.
Samferdselsdepartementet foreslår å løyve 25 mill. kr på kap. 1320, ny post 25 Betalingar for arbeid utført før 2010 på dei nye fylkesvegane.
Post 30 Riksveginvesteringar
Nasjonal transportplan 2010-2019 legg opp til ein vesentleg auke i rammene til riksveginvesteringar. For å sikre framdrift i prosjekta er det nødvendig med meir midlar til planlegging. Samferdselsdepartementet foreslår derfor å auke løyvinga på kap. 1320, post 30 Riksveginvesteringar, med 50 mill. kr.
Post 36 E16 over Filefjell
Forseinka framdrift på prosjektet E16 Eidsbru – Varpe bru og forseinkingar i planarbeidet for prosjekta E16 Øye – Eidsbru og Varpe bru – Nystuen gjer at det vil bli eit mindreforbruk på posten i 2011. Midlane er bundne opp gjennom kontraktar, men utbetalingane kjem seinare enn ein har rekna med. Samferdselsdepartementet foreslår å omdisponere 50 mill. kr frå kap. 1320, post 36 E16 over Filefjell, til å dekkje inn meirforbruket på kap. 1320, post 23 Trafikktilsyn, drift og vedlikehald av riksvegar m.m.
Post 37 E6 vest for Alta
Det vil bli eit mindreforbruk på posten i 2011. Årsakene er uavklarte geotekniske tilhøve på prosjektet E6 Jansnes – Halselv og noko forseinka framdrift på prosjektet E6 Møllnes – Kvenvik – Hjemmeluft. Midlane er i stor grad bundne opp gjennom kontraktar, men utbetalingane kjem seinare enn ein har rekna med. Samferdselsdepartementet foreslår å omdisponere 100 mill. kr frå kap. 1320, post 37 E6 vest for Alta, til å dekkje inn meirforbruket på kap. 1320, post 23 Trafikktilsyn, drift og vedlikehald av riksvegar m.m.
Post 62 Tilskot til rassikring på fylkesvegar
Det er vanskeleg å anslå presist forbruket i det einskilde budsjettår på dei ulike rassikringsprosjekta. Vidare kan det variere i kva grad dei ulike fylkeskommunane har prioritert konkrete prosjekt som kan setjast i gang. Samferdselsdepartementet foreslår derfor at kap. 1320 Statens vegvesen, post 62 Tilskot til rassikring på fylkesvegar, får tilføydd stikkordet ”kan overførast”, jf. forslag til romartalsvedtak. I Prop. 1 S (2011-2012) er det foreslått at posten får tilføydd dette stikkordet i 2012.
Kap. 4320 Statens vegvesen
Post 01 Diverse gebyr
Statens vegvesen har inntekter frå ulike gebyr som gebyr for førarkort, teoriprøve, dagprøvekjennemerke, påskilting, kontroll og myndigheitskontrollar. Det er knytt utgifter til desse inntektene. Inntektene kan variere frå år til år, noko som gjer at det kan vere vanskeleg å fastsetje nivået ved budsjetteringa. Det er derfor knytt ei meirinntektsfullmakt til posten.
Dei som hadde førarkort for lett lastebil (klasse C1), kunne i 2001 fornye sitt eksisterande førarkort. Førarkorta gjeld for 10 år, og kan fornyast i 2011 og 2012. Det er lagt til grunn at 280 000 fleire enn normalt vil fornye førarkortet i 2011. Dette utgjer ei meirinntekt på 62 mill. kr.
Prognose for 2011 viser at justerte gebyrsatsar og auka volum for dei andre tenestene som det er gebyr på, gir ei meirinntekt på om lag 50 mill. kr. Av dette gjeld 10 mill. kr ein auke i talet på førarprøver og 40 mill. kr m.a. auka volum på dagprøvekjennemerke, påskilting og myndigheitskontrollar.
Samferdselsdepartementet foreslår å auke løyvinga på kap. 4320, post 02 Diverse gebyr, med 112 mill. kr, jf. kap. 1320, post 23 Trafikktilsyn, drift og vedlikehald av riksvegar m.m.
Kap. 4322 Svinesundsforbindelsen AS
Post 90 Avdrag på lån
Svinesundsforbindelsen AS har i dag alle sine lån til staten bunde i fastrenteavtalar. For å tilpasse løyvinga til dei planane for nedbetaling som ligg føre for låna, foreslår Samferdselsdepartementet å redusere løyvinga på kap. 4322, post 90 Avdrag på lån, med 21 mill. kr.