5 Programkategori 21.50 Jernbaneformål
Kap. 1350 Jernbaneverket
Post 23 Drift og vedlikehald
Flaum og ras
I 2011 har det vore meir flaum og ras enn det som har vore vanleg. Flaum og ras har ført til store øydeleggingar på Dovrebanen, Rørosbanen, Bratsbergbanen og Notodden stasjon og Nordlandsbanen. Meirutgiftene til å reparere og byggje opp att infrastruktur mv. er rekna til 56 mill. kr. Det blir derfor foreslått å auke løyvinga i 2011 med 56 mill. for å dekkje desse meirkostnadene.
Brann i snøoverbygg
I juni 2011 brann det i snøoverbygget på Hallingskeid på Bergensbanen. Snøoverbygget og eit dobbelt togsett blei totalskadde. Det var vidare omfattande skadar på annan infrastruktur som skjener, køyreleidningar og kablar. Kostnaden for å byggje opp att infrastruktur mv. utgjer om lag 65 mill. kr, der 40 mill. kr blir betalt i 2011. Det blir derfor foreslått å auke løyvinga med 40 mill. kr for å dekkje kostnadene i samband med brannen på Hallingskeid.
Oppsummering
På denne bakgrunn foreslår Samferdselsdepartementet å auke løyvinga på kap. 1350, post 23 Drift og vedlikehald, med i alt 96 mill. kr.
Post 25 Drift og vedlikehald av Gardermobanen
Delar av dei tekniske anlegga på Gardermobanen har etter kvart fått auka feilfrekvens. Behovet for vedlikehald, ettersyn og beredskap har dermed auka. I 2011 var det auka utgifter til vintervedlikehald. Vidare auka omfanget av telehiv og saktekøyringar i vårløysinga. Desse problema var det ikkje teke tilstrekkeleg omsyn til da løyvinga for 2011 blei fastsett.
Drift og vedlikehald av Gardermobanen blir vanlegvis betalt av brukarane igjennom brukarbetaling, jf. kap. 4350, post 07 Betaling for bruk av Gardermobanen. Dei siste åra har delar av vedlikehaldet på Gardermobanen blitt dekt opp av eit akkumulert overskot frå tidlegare års innbetalingar frå togselskapa. Dette overskotet er no brukt opp. Det er ikkje praktisk mogleg å auke brukarbetalinga så seint i budsjettåret.
Samferdselsdepartementet foreslår å auke løyvinga på kap. 1350, post 25 Drift og vedlikehald av Gardermobanen, med 25 mill. kr, for å oppretthalde den høge standarden og den gode punktlegheita i togtrafikken på denne banestrekninga.
Kap. 1354 Statens jernbanetilsyn
Post 21 (Ny) Spesielle driftsutgifter – tilsyn med tau- og kabelbanar og park- og tivolianlegg
Det norske Veritas har med verknad frå 1. januar 2012 sagt opp avtalane med Kommunal- og regionaldepartementet og Samferdselsdepartementet om å føre tilsyn med tau- og kabelbanar og park- og tivolianlegg. Frå same dato blir det under Statens jernbanetilsyn etablert eit offentleg tilsyn med tau- og kabelbanar og park- og tivolianlegg i Trondheim. Saka er nærare omtalt i Prop. 1 S (2011-2012), s. 138-139.
For å kunne ha eit operativt tilsyn frå 1. januar 2012 er arbeidet med å førebu overtakinga av dei nye tilsynsoppgåvene godt i gang. Statens jernbanetilsyns utgifter i 2011 for å førebu overtakinga er rekna til 3 mill. kr. I samband med dette arbeidet har det vore nødvendig å pådra utgifter utan løyving i statsbudsjettet for 2011. Samferdselsdepartementet fekk derfor ved kgl. res. 21. oktober 2011 fullmakt til å utgiftsføre utan løyving inntil 3 mill. kr under kap. 1354 Statens jernbanetilsyn, post 21 Spesielle driftsutgifter – tilsyn med tau- og kabelbanar og park- og tivolianlegg. Eingongsutgiftene skal avgrensast til det som er nødvendig for å få ei forsvarleg overtaking av dei nye tilsynsområda.
Samferdselsdepartementet foreslår på denne bakgrunn å løyve 3 mill. kr på kap. 1354, post 21 Spesielle driftsutgifter – tilsyn med tau- og kabelbanar og park- og tivolianlegg.