6 Programkategori 22.10 Post og telekommunikasjonar
Kap. 4370 (Ny) Posttenester
Post 70 Tilbakebetaling post- og banktenester
I 2010 blei det løyvd 497 mill. kr på kap. 1370 Posttenester, post 70 Kjøp av post- og banktenester. Det er lagt til grunn ein etterrekningsmodell som over tid vil sikre at det ikkje blir løyvd meir enn det faktiske behovet. Etterrekning i tråd med dette systemet viser eit faktisk behov i 2010 på 116 mill. kr til kjøp av post- og banktenester. Dette er 381 mill. kr lågare enn løyvinga for 2010.
Hovudårsaka til det reduserte behovet er at einerettsoverskotet blei på 428 mill. kr, medan det i budsjettet for 2010 var rekna med eit einerettsoverskot på 0 kr. Departementet legg opp til at Posten Norge AS i 2011 betaler tilbake overkompensasjonen for 2010 på 381 mill. kr. Som for 2009 legg departementet opp til at Posten betaler renter for det selskapet har fått utbetalt for mykje. Dette inneber at Posten i 2011 skal tilbakebetale i alt 397,6 mill. kr som følgje av overkompensasjon ved statleg kjøp av post- og banktenester i 2010.
Departementet foreslår å løyve 397,6 mill. kr på eit nytt kap. 4370 Posttenester, post 70 Tilbakebetaling post- og banktenester.
Kap. 4380 Post- og teletilsynet
Post 01 Diverse gebyr
I samband med lønnsoppgjeret for 2011 blei Post- og teletilsynet tildelt 1,07 mill. kr over kap. 1380, post 01 Driftsutgifter. Etaten er sjølvfinansierande. Departementet foreslår derfor å auke løyvinga på kap. 4380, post 01 Diverse gebyr, med 1,07 mill. kr.