2 Utvida straffansvar ved internasjonal barnebortføring
2.1 Bakgrunnen for lovframlegget
2.1.1 Tidlegare vurderingar av behovet for tiltak
Stortingsrepresentantane Knut Storberget, Karita Bekkemellem og Eirin Faldet fremma 2. april 2003 eit privat lovframlegg (dokument nr. 8:96 (2002–2003)) om å greie ut/setje i verk tiltak for å forhindre barnebortføring og gjere det lettare å bringe bortførte barn attende til rette omsorgsperson. Regjeringa vart beden om å følgje opp nokre av forslaga i oppmodingsvedtak nr. 481 (2002–2003) frå Stortinget. Punkt 5 i oppmodingsvedtaket lyder:
”Gjennomgå straffebestemmelsen i straffeloven § 216 med sikte på klargjøring.”
Justisdepartementet vurderte føresegna i Ot.prp. nr. 22 (2008–2009) Om lov om endringer i straffeloven 20. mai 2005 nr. 28 (siste delproposisjon – sluttføring av spesiell del og tilpasning av annen lovgiving). Det vart vurdert om straffansvaret burde bli utvida slik at barn til foreldre som har rett til samvær og barn til foreldre som har avtalt delt bustad, også blir verna. Det avgjerande for utstrekninga til straffebodet er kva som tener interessene til barnet. Departementet framheva at det, under tilvising til uønskte verknader av straffa, kan verke inkonsekvent å avgrense straffansvaret mot tilnærma same åtferd som er like straffverdig som den ein ønskjer å ramme. Det vart også uttalt at grove krenkingar av samværsretten i mange tilfelle kan vere like uheldig eller skadeleg som krenkingar av retten til å ha barnet buande fast hos seg. I båe tilfella dreiar det seg om krenkingar av barnet sine interesser. Det vart vist til at Høgsterett likevel har uttalt at det kan vere grunn til å gjere skilnad på dagleg omsorg og samvær, jf. Rt. 1995 side 687:
”At straffeloven § 216 tolkes slik at den beskytter den som har den daglige omsorg for barn, har etter min mening gode reelle grunner for seg. Det er beskyttelse av omsorgsfunksjonen som har størst betydning for barnet.”
Det vart ikkje gjort framlegg om å utvide straffansvaret slik at også den som har rett til samvær og foreldre som har avtalt delt bustad, blir verna. I staden vart det vist til at dei sivilrettslege sanksjonane burde styrkjast. Departementet uttalte at det normalt vil vere meir drastisk for barnet å bli halde borte frå den forelderen barnet bur fast hos, og at bruk av straff kan auke konfliktnivået mellom foreldra ytterlegare og bli til skade for barnet. Departementet gjorde i staden framlegg om ei eiga føresegn om grov omsorgsunndraging i straffelova 2005 § 261, der den øvre strafferamma vart sett til fengsel inntil seks år.
Under handsaminga av saka i Stortinget vart framlegget til straffelova 2005 § 261 vedteke med ei mindre tilføying (ordet ”lov”), jf. Innst. O. nr. 73 (2008–2009). Samstundes vart Justisdepartementet bede om å vurdere ei utviding av straffansvaret i saker om internasjonal barnebortføring der barn vert tekne ut av landet i strid med reglane i barnelova. Det blir vist til følgjande fråsegn frå Justiskomiteen:
”Komiteen slutter seg til at de aller groveste tilfellene, som der en av foreldrene urettmessig tar barna med til utlandet (’barnebortføring’), skal kunne straffes med fengsel i inntil 6 år, mot 3 år i dag.
Komiteen viser imidlertid til at de begrunnelsene som er gitt i proposisjonen for å avgrense straffebudet mot samværsforeldre, i stor grad relaterer seg til omsorgsunndragelser som skjer internt i Norge. Ved internasjonale barnebortføringssaker vil ikke disse hensynene ha like stor gjennomslagskraft.
Komiteen viser til at en bortføring til utlandet i mange tilfeller vil være like drastisk for barnet, uavhengig av om det er bostedsforelderen eller samværsforelderen som står for bortføringen. Barnet vil uansett i slike tilfeller bli tatt bort fra sitt faste miljø med venner og barnehage eller skole. Videre vil sivilrettslige sanksjoner i Norge ha liten eller ingen praktisk betydning når barnet holdes unndratt i utlandet.
Komiteen er enig med Regjeringen i at en omsorgsunndragelse er særlig alvorlig når et barn blir ført bort til et annet land, og spesielt i tilfeller hvor barnet tas til et land det ikke har noen tilknytning til, med en annen kultur og et annet språk, og uten å få ha kontakt med den andre forelderen. Dette er begrunnelsen for at Regjeringen foreslår en egen bestemmelse om grov omsorgsunndragelse. Etter komiteens oppfatning kan dette hensynet også tilsi et videre straffansvar i slike saker, slik at også flytting/utenlandsferd uten samtykke fra forelder som har del i foreldreansvar blir straffbart.
Komiteen vil på denne bakgrunn be Regjeringen, fram mot ikrafttredelsen av straffeloven 2005, vurdere en utvidelse av straffansvaret i internasjonale barnebortføringssaker der barn tas ut av landet i strid med barnelovens regler.”
2.1.2 Høyringsbrev 21. oktober 2010
På bakgrunn av dei siterte merknadene frå Justiskomiteen sende Justisdepartementet 21. oktober 2010 eit framlegg på høyring. I høyringsnotatet gjekk departementet inn for å utvide straffansvaret ved internasjonale barnebortføringar i straffelova 1902 § 216 og straffelova 2005 § 261 slik at bortføringar sette i verk av den forelderen som barnet bur fast hos, også blir omfatta på visse vilkår. I høyringsnotatet vart det gitt ei skisse til to alternative modellar for avgrensing av straffansvaret – båe eigna til å setje straff for bortføring av barn sett i verk av forelderen barnet bur fast hos. Det vart også gjort gjeldande framlegg om å endre påtaleregelen i straffelova 1902 § 216 tredje ledd, slik at påtale også kan reisast dersom allmenne omsyn taler for det.
Følgjande instansar vart bedne om å uttale seg:
Departementa
Høgsterett
Lagmannsrettane
Bergen tingrett
Kristiansand tingrett
Oslo tingrett
Sør-Trøndelag tingrett
Tromsø tingrett
Riksadvokaten
Statsadvokatane
Politidirektoratet
Sivilombodsmannen
Domstoladministrasjonen
Amnesty International (norsk avdeling)
Barneombodet
Barne- og ungdomspsykiatrisk forening
Bergen forsvarerforening
Den Norske Advokatforening
Den norske Dommerforening
Den norske legeforening
Det juridiske fakultet ved Universitetet i Bergen
Det juridiske fakultet ved Universitetet i Oslo
Det juridiske fakultet ved Universitetet i Tromsø
Det kriminalitetsforebyggende råd (KRÅD)
Det norske Menneskerettighetshuset
Fellesorganisasjonen for barnevernspedagoger, sosionomer og vernepleiere
Forsvarergruppen av 1977
Institutt for menneskerettigheter
Institutt for kriminologi og rettssosiologi
Juridisk rådgivning for kvinner - JURK
Jusshjelpa i Nord-Norge
Juss-Buss
Jussformidlinga i Bergen
Kompetansesenter for likestillingsarbeid
Krisesentersekretariatet
Landsforeningen for voldsofre og motarbeiding av vold
Likestillings- og diskrimineringsombodet
Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress
Norges Kvinne- og familieforbund
Norges Juristforbund
Norges Politilederlag
Norges Røde Kors
Norsk fengsels- og friomsorgsforbund
Norsk forening for kriminalreform – KROM
Norsk Krisesenterforbund
Norsk Presseforbund
Norsk Psykologforening
Politiets Fellesforbund
Politihøgskolen
Redd Barna
Rettspolitisk forening
Stine Sofies Stiftelse
Stiftelsen rettferd for taperne
Straffedes organisasjon i Norge (SON)
Støtteforeningen for seksuelt misbrukte barn
Støttesentre mot incest
Valdtektsmottaka
Følgjande høyringsinstansar har uttalt seg om realiteten i framlegget:
Arbeidsdepartementet
Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet
Kunnskapsdepartementet
Riksadvokaten
Det Nasjonale Statsadvokatembetet
Politidirektoratet
Kripos
Oslo politidistrikt
Romerike politidistrikt
Barneombodet
Den Norske Advokatforening
Forsvarergruppen av 1977
Politihøgskolen
Politijuristene
Stine Sofies Stiftelse
Følgjande høyringsinstansar har uttalt at dei ikkje vil gje fråsegn i saka, eller at dei ikkje har merknader til framlegget:
Finansdepartementet
Fiskeri- og kystdepartementet
Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet
Helse- og omsorgsdepartementet
Landbruks- og matdepartementet
Miljødepartementet
Nærings- og handelsdepartementet
Samferdselsdepartementet
Utanriksdepartementet
Høgsterett
Domstoladministrasjonen
Det kriminalitetsførebyggjande råd
Eit klart fleirtal av høyringsinstansane som har kome med utsegn om realiteten i framlegget, støttar eller er positive til ei utviding av straffansvaret ved internasjonal barnebortføring. Fråsegnene blir nærare kommenterte i tilknyting til omtalen av lovframlegget.
2.2 Utviding av straffansvaret for internasjonal barnebortføring
2.2.1 Gjeldande rett
2.2.1.1 Innleiing
Departementet vil nedanfor gå gjennom reglane for kva som er ulovleg internasjonal barnebortføring etter norsk rett og det internasjonale regelverket som Noreg er bunde av i slike situasjonar. Deretter gjer departementet greie for relevante reglar for kva som kan reknast som straffbar internasjonal barnebortføring etter norsk rett, inkludert den nye straffeføresegna i straffelova 2005 § 261 som er vedteken av Stortinget, men enno ikkje i kraft. Endeleg vil det verte gjort greie for i kva grad norsk politi kan hjelpe – i den sivile prosessen med føremålet å få barnet returnert til Noreg, og i straffesaka med føremålet å få bortføraren tiltalt og straffa for handlinga.
Heilt først kan det vere klargjerande å gi eit oversyn over innhaldet i omgrepa foreldreansvar, fast/delt bustad og samvær, sidan desse omgrepa ofte blir viste til i regelverket om barnebortføring eller blir omtalte i tilknyting til temaet.
2.2.1.2 Om innhaldet i sentrale omgrep – ei oversikt
I foreldreansvaret ligg mellom anna plikta til å forsørgje barnet, jf. barnelova § 30 andre ledd første punktum. Gifte foreldre har felles foreldreansvar, jf. barnelova § 34 første ledd. For barn fødde etter 1. januar 2006 har sambuande foreldre felles foreldreansvar, jf. barnelova § 35 andre ledd. For barn fødde før denne datoen kan sambuarar avtale at dei skal ha felles foreldreansvar for felles barn. Når foreldra ikkje er gifte eller sambuande, har mor foreldreansvaret aleine, jf. § 35 første ledd. Foreldra kan likevel avtale at dei skal ha foreldreansvaret saman, eller at faren skal ha foreldreansvaret aleine. Felles foreldreansvar kan også fastsetjast ved rettsavgjerd.
Fast bustad er der barnet bur fast. Berre den som barnet bur fast hos, kan få foreldreansvaret aleine. Skal samværsforelderen få foreldreansvar, må det skje i form av felles foreldreansvar.
Delt bustad betyr at foreldra har avtalt (eller retten unntaksvis har fastsett) at barnet skal bu skiftevis hos kvar av foreldra, jf. barnelova § 36 første ledd andre punktum. Ein avtale om delt bustad treng ikkje gå ut på at barnet skal bu nøyaktig like lenge hos kvar av foreldra – berre at det er tilnærma same lengd. Skiftevis bustad kan i praksis neppe tenkjast utan felles foreldreansvar, jf. Backer i Kommentarutgaven til barneloven, 2. utgåve (2008), side 323.
Samværsrett kan tilkome den forelderen som ikkje bur saman med barnet. Forelderen kan ha del i foreldreansvaret (felles foreldreansvar) eller samværsrett utan foreldreansvar. Barnelova § 42 slår fast at barnet har rett til samvær med båe foreldra, sjølv om dei lever frå kvarandre. Etter § 43 har den av foreldra som barnet ikkje bur saman med, rett til samvær med barnet når ikkje anna er avtalt eller fastsett. Kva som er best for barnet, står sentralt i vurderinga. Skilnaden mellom ein avtale om delt bustad og ein avtale om omfattande samvær er at i sistnemnde tilfelle kan forelderen som barnet bur fast hos, i større utstrekning treffe avgjerder om barnet på eiga hand. Dessutan gjeld ulike reglar om underhaldsbidrag.
Om sondringa mellom foreldreansvar og omsorg vart det uttalt følgjande i høyringsnotatet punkt 3.2.2.1 på side 8:
“Sondringen mellom foreldreansvar og omsorg er uklar. Begrepet omsorg brukes i lovgivningen med forskjellige funksjoner. Enkelte lover skiller mellom ”omsorg” og ”den daglige omsorg”. I straffeloven § 216 har Høyesterett kommet til at ”omsorg” skal forstås som den daglige omsorgen. Iblant brukes begrepet omsorg i sammenstillinger, for eksempel ”aleneomsorg” eller ”omsorgsperson”. Barneloven anvender begrepet omsorg i § 30, og angir der at barnet har rett til omsorg som ledd i foreldreansvaret. Omsorgen er altså ikke prinsipielt forskjellig fra foreldreansvaret, men en del av det. Loven gir ingen nærmere definisjon av hva omsorgen er. Sentralt er imidlertid § 37 som sier at den forelderen barnet bor fast hos, alene kan treffe avgjørelse om vesentlig sider ved omsorgen for barnet; her brukes omsorgsbegrepet til å trekke en ramme for en enkeltforelders bestemmelsesrett, se også Backer side 234. I barnetrygdloven, og antakelig også skadeerstatningsloven, er det lagt til grunn at om barnet bor fast hos én, betyr ikke det nødvendigvis at vedkommende har omsorgen for barnet (iallfall ikke hvis det er en annen enn forelderen). Innholdet i omsorgsbegrepet kan følgelig variere etter hvilken lov det opptrer i. Siden omsorgsbegrepet er uklart, legger barneloven etter revisjonen i 1997 vekt på ikke å knytte en forelders adgang til å treffe avgjørelser om barnet til omsorgsbegrepet, men i stedet knytter loven rettsvirkninger til hvem barnet bor fast sammen med (”fast bosted”). Det gir et mer presist kriterium - riktignok utlagt på forhånd av Høyesterett som synonymt med ”daglig omsorg”, jf. Rt. 1995 side 687.”
2.2.1.3 Ulovleg internasjonal barnebortføring
Barnelova
Lov av 8. april 1981 nr. 7 (barnelova) regulerer i kva grad foreldre lovleg kan reise eller flytte med barnet til eit anna land, og når utanlandsopphaldet blir sett på som ulovleg etter norsk rett. Dersom den eine av foreldra har foreldreansvar for barnet aleine, kan denne i utgangspunktet flytte til utlandet med barnet utan samtykke frå den andre forelderen, jf. barnelova § 40 første ledd. Har foreldra felles foreldreansvar, må dei vere samde, jf. barnelova § 40 første ledd andre punktum. Båe foreldra kan ta barnet med på kortare utanlandsopphald utan samtykke frå den andre forelderen, jf. barnelova § 41. Kva som reknast som eit kortare utanlandsopphald, må avgjerast individuelt. For den som har samværsrett, vil retten til utanlandsopphald vere styrt av kor langvarig samvær han eller ho har rett til.
Ein forelder som har samværsrett utan å ha del i foreldreansvaret, kan ikkje reise til utlandet med barnet utan samtykke frå den som har foreldreansvaret, jf. barnelova § 41 fjerde ledd. Dersom eit slikt samtykke ikkje blir gitt, kan retten likevel gi samtykke dersom det er openbert at barnet kjem attende.
Etter barnelova § 37 kan den av foreldra som barnet bur fast hos, treffe avgjerder som gjeld vesentlege sider av omsorga for barnet, som kvar i landet barnet skal bu. Det tyder at myndigheit til å avgjere flytting innanlands ligg hos den som barnet bur fast hos, mens myndigheit til å avgjere flytting utanlands følgjer foreldreansvaret.
Internasjonale forpliktingar
Noreg har slutta seg til to sentrale konvensjonar om barnebortføring. Det er Haagkonvensjonen 25. oktober 1980 om dei sivile sidene ved internasjonal barnebortføring (Haagkonvensjonen) og Europarådskonvensjonen 20. mai 1980 om godkjenning og fullbyrding av utanlandske avgjerder om foreldreansvar og om gjenoppretting av foreldreansvar (Europarådskonvensjonen). Ved Noreg si tilslutning til desse konvensjonane vart det opna for at norske avgjerder om foreldreansvar og samværsrett kan godkjennast og fullbyrdast i andre konvensjonsstatar. Samstundes forplikta Noreg seg til å godkjenne og fullbyrde slike avgjerder trefte i andre konvensjonsstatar. Konvensjonane er gjorde til norsk rett ved lov 8. juli 1988 nr. 72 om godkjenning og fullbyrding av utanlandske avgjerder om foreldreansvar m.m. og om attendelevering av barn (barnebortføringslova). Lova gjeld berre for barn som ikkje har fylt 16 år, jf. § 4.
Både Haagkonvensjonen og Europarådskonvensjonen går ut frå at det skal vere ei sentralmakt i kvar konvensjonsstat som skal samarbeide og koordinere tilhøva mellom konvensjonsstatane, jf. barnebortføringslova § 5. I Noreg er Justisdepartementet tillagd denne makta. Justisdepartementet vil blant anna gi attverande forelder hjelp med å fremme ei oppmoding etter Haagkonvensjonen om attendelevering av barnet til Noreg. Dei fleste sakene vert løyste i løpet av nokre få månader, men einskilde saker kan ta opptil fleire år. Norske styresmakter kan ikkje gripe direkte inn og påverke sakshandsaminga i utlandet.
Hovudregelen i Haagkonvensjonen er at barn som er ulovleg bortførte eller haldne att, skal førast attende straks, jf. barnebortføringslova § 11 første ledd. Ei bortføring eller attendehalding er ulovleg dersom ho er i strid med rett til foreldreansvar etter lova i den staten barnet budde rett før bortføringa, eller attendehaldinga og foreldreretten faktisk vart utøvd i samsvar med dette, jf. § 11 andre ledd. Dette gjeld anten bortføraren er bustadsforelder eller samværsforelder.
I visse høve kan attendelevering nektast, jf. § 12. Det gjeld først og fremst dersom det har gått minst eitt år frå bortføringa hende, jf. bokstav a, dersom det er ein alvorleg risiko for at barnet vil ta fysisk eller psykisk skade ved ei attendelevering, jf. bokstav b, dersom barnet sjølv motset seg attendeleveringa, jf. bokstav c, eller dersom attendelevering er uforlikeleg med grunnleggjande menneskerettar, jf. bokstav d.
Haagkonvensjonen har fått stor oppslutnad. Per 16. september 2011 er det 86 statar som har slutta seg til konvensjonen – dei fleste i Europa, Amerika og Australia.
Hovudregelen i Europarådskonvensjonen er at ei avgjerd om foreldreansvar eller samværsrett som er fatta i ein konvensjonsstat, skal godkjennast og fullbyrdast i ein annan konvensjonsstat, jf. barnebortføringslova § 6 første ledd. Godkjenning skal likevel nektast blant anna dersom det vil vere i strid med prinsippet om kva som er det beste for barnet, jf. § 7 bokstav a og b.
Totalt har 37 statar slutta seg til Europarådskonvensjonen.
Noreg er også bunde av konvensjon 6. februar 1931 mellom Noreg, Finland, Island og Sverige (Den nordiske familierettskonvensjonen). Konvensjonen inneheld internasjonale, privatrettslege føresegner om ekteskap, adopsjon og verjemål med sluttprotokoll. Konvensjonen har eit avgrensa bruksområde når det gjeld barnebortføring, fordi han berre regulerer barnefordelingsspørsmål som kjem opp i samband med ei separasjons- eller skilsmissesak, jf. konvensjonen artikkel 8. Mellom dei nordiske landa gjeld Den nordiske familierettskonvensjonen framfor Europarådskonvensjonen, men vik for Haagkonvensjonen, jf. barnebortføringslova § 1.
Utanfor konvensjonssamarbeidet
Når eit barn er bortført til ein stat som Noreg ikkje har ei internasjonal konvensjonsforplikting med, må saka få si løysing etter retten i denne staten. Bistand frå norske styresmakter vert gjeven av Utanriksdepartementet og dei norske utanriksstasjonane. Deira høve til å hjelpe kviler i prinsippet på om bortføraren og styresmakta i opphaldsstaten er villige til å samarbeide. Kjem ikkje partane til ei løysing i spørsmålet om foreldreansvar, dagleg omsorg og framtidig bustad for barnet, vil saka i mange høve måtte finne si løysing gjennom ei regulær barnefordelingssak i den staten som barnet er bortført til. Desse sakene er gjennomgåande svært tidkrevjande og vanskelege å løyse.
2.2.1.4 Straffbar internasjonal barnebortføring
Straffelova 1902 § 216 og forholdet til reglane om foreldreansvar, dagleg omsorg og samværsrett i barnelova
Internasjonal barnebortføring er straffbar etter straffelova 1902 § 216 og kan straffast med fengsel inntil tre år. Ved “formildende Omstændigheder” kan lovbrotet straffast med bot.
Føresegna rammar den som tar eit barn bort frå den personen som har “omsorg” for det. Personen som har “omsorg” for barnet, er ifølgje Høgsterett den som barnet bur fast hos (Rt. 1995 side 687). Denne tydinga av straffeføresegna kviler på oppfatninga at omsorgsfunksjonen er den mest sentrale for barnet. Konsekvensen er at den som har samværsrett, ikkje er verna av § 216 dersom samværet blir sabotert. Når bustadsforelderen bortfører barnet, vil handlinga vere ulovleg, men ikkje straffbar. Dersom foreldra bur saman når bortføringa skjer, og truleg også om foreldra har avtalt delt bustad, er ingen av partane verna av straffebodet. Rettstilstanden ved delt bustad er likevel ikkje klår.
Straffelova 2005 § 261
Straffelova 2005 § 261 vidarefører hovudtrekka i gjeldande rett. Straffebodet vernar bustadsforelderen, men ikkje samværsforelderen, foreldre som har avtalt delt bustad eller foreldre som bur saman når bortføringa skjer. Føresegna skjerper likevel krava for når handlinga er straffbar. Ho rammar den som “alvorlig eller gjentatte ganger” gjer seg skuldig i ei omsorgsunndraging. Ifølgje forarbeida skal ei bortføring av barn over landegrensene sjåast på som alvorleg og utløyse straffansvar, jf. Ot.prp. nr. 22 (2008–2009) punkt 16.5 side 422.
Føresegna lægjer dessutan strafferamma for vanleg brot til bot eller fengsel inntil to år. Strafferamma gjer at påtale ikkje blir reist dersom allmenne omsyn ikkje tilseier det (straffeprosesslova § 62 a). Dette gjer det mogeleg å halde fast ved gjeldande praksis, slik at trugsel om straff kan brukast som eit forhandlingskort for å få den mindreårige attende til Noreg, jf. Ot.prp. nr. 22 (2008–2009) punkt 5.6.3.5 side 143.
Ei nyskaping i straffelova 2005 § 261 er andre ledd, som inneheld ei eiga føresegn om grov omsorgsunndraging. Strafferamma er fengsel inntil seks år. I vurderinga av om lovbrotet er grovt, skal det “særlig legges vekt på hvilken belastning [omsorgsunndragelsen] har påført barnet”. Ifølgje forarbeida er viktige moment i denne vurderinga kvar og under kva slags tilhøve barnet har måtta opphalde seg under omsorgsunndraginga, om barnet er bortført til eit anna land, kor lenge tilhøvet har vart og kva slags kontakt barnet har fått ha med den som har krav på omsorg. I Ot.prp. nr. 22 (2008–2009) vart det sagt på side 422:
“Selv om loven åpner for bruk av straff, er det ikke gitt at strafforfølgning er den mest hensiktsmessige reaksjon i den enkelte sak. Som det går frem av de alminnelige merknadene ovenfor, understreker departementet at sivilrettslige sanksjoner normalt bør være å foretrekke. I tillegg bør barnets beste stå sentralt i vurderingen av hva slags straff som eventuelt skal utmåles.”
Det er ikkje fastsett dato for ikraftsetjing av straffelova 2005 sidan det trengst omfattande førebuingar før lova kan setjast i kraft.
2.2.1.5 Bistand frå politiet og påtalemakta i ei sak om barnebortføring
Innleiing
Politiet og påtalemakta kan bli involverte både i den sivile saka (med føremålet å få det ulovleg bortførte barnet returnert til heimlandet), og i straffesaka (med føremålet å få bortføraren tiltalt og straffa for bortføringa).
Bistand i den sivile saka
Lokalt politi er ofte den første offentlege instansen som pårørande kontaktar når dei søkjer hjelp i internasjonale barnebortføringssaker. I akutte saker, til dømes der ein av foreldra er på veg til utlandet med barnet, kan politiet fatte ei mellombels avgjerd om utreiseforbod for å stanse ei potensiell bortføring, jf. barnelova § 41 tredje ledd. Det er eit vilkår at attverande forelder har foreldreansvar for barnet, og at det er sannsynleg at barnet ikkje vil kome attende. Etter ei lovendring i 1997 har kjæremålsutvalet i Høgsterett lagt til grunn at føresegna berre gjeld ved utanlandsreiser og ikkje ved flytting til utlandet, jf. Rt. 2000 side 306 U.
Dersom barnet allereie er bortført, vil politiet vere til hjelp med å ta imot melding om sakna person, slik at det gjennom politikanalane kan oppmodast om bistand til å lokalisere barnet i utlandet og eventuelt ta det i forvaring (Schengenkonvensjonen artikkel 97 og/eller INTERPOL).
Bistand i straffesaka
Attverande forelder vurderer sjølv om han ønskjer å politimelde den andre for barnebortføring etter straffelova 1902 § 216. På grunnlag av ei politimelding eller på eige initiativ kan politiet setje i verk etterforsking dersom det er “rimelig grunn” til å undersøkje om det ligg føre straffbar barnebortføring etter straffelova 1902 § 216, jf. straffeprosesslova § 224 første ledd. Mistenkt gjerningsperson kan etterlysast og gripast gjennom politikanalane (Schengenkonvensjonen artikkel 95 og/eller INTERPOL).
Europarådskonvensjonen med tilleggsprotokollar er den sentrale konvensjonen om utlevering. Han er vedteken i 1957 og tiltrådd av dei fleste europeiske landa. Utviklinga i Europa går i retning av stadig enklare og mindre tidkrevjande prosedyrar for utlevering for straffbare høve, blant anna gjennom vedtakinga i 2010 av ein tredje tilleggsprotokoll til Europarådskonvensjonen (ikkje i kraft). Innanfor EU har ein gått enda lenger i å forenkle; her blir utleveringssamarbeidet no basert på den europeiske arrestordren (EAW – European Arrest Warrant). I høyringsnotatet på side 14 skreiv departementet følgjande om dette:
”Arrestordren regnes som et viktig verktøy for forfølgning av kriminalitet med tilknytning til fleire land fordi den reduserer muligheten for at personer som ankommer eller befinner seg i et europeisk land, kan unndra seg straffeforfølgning eller soning av dom i et annet europeisk land. Befinner en mistenkt seg først i et EU-land, risikerer vedkommende i større grad enn før også strafforfølgning eller straffullbyrding for straffbare forhold med tilknytning til andre EU-land.”
Noreg og Island har inngått ein såkalla parallellavtale med EU som, når han vert sett i verk, vil knyte Noreg og Island til den europeiske arrestordren. I Prop. 137 LS (2010-2011) er det lagt fram forslag til lov om gjennomføring av avtalen og om samtykke til inngåing av han. Proposisjonen er til behandling i Stortinget. Av barn som vart bortførte frå Noreg til utlandet i 2010, vart eit fleirtal ført til land i Europa.
I Norden er utlevering regulert av uniforme lover. For å gjere samarbeidet om utlevering meir effektivt har dei nordiske landa vedteke ein konvensjon om nordisk arrestordre som går enda noko lenger i forenkling enn den europeiske arrestordren. Konvensjonen, som ikkje har trådd i kraft, er i norsk rett gjennomført i lov 19. september 2008 nr. 77 om pågriping og overlevering mellom dei nordiske statar på grunn av straffbare forhold (lov om nordisk arrestordre). Lov om nordisk arrestordre er elles foreslått erstatta av lovforslaget i ovanfor nemnde Prop. 137 LS (2010-2011). Ein legg dermed opp til ein felles lov om arrestordre som skal gjelde overlevering både innan Norden og mellom statane i Den europeiske unionen (EU) og Noreg.
Utlevering til eller frå land som Noreg ikkje har ein utleveringsavtale med, kviler på velviljen til statane. Nokre land krev at det ligg føre ei konvensjonsforplikting om utlevering.
2.2.2 Andre nordiske land sin rett
I høyringsnotatet punkt 4 skreiv departementet følgjande om andre nordiske land sin rett:
“4.1 Danmark
Barnebortføring er straffbar etter den danske straffeloven § 215. Etter første ledd er det straffbart å unndra barnet myndigheten til den som har foreldreansvaret. Dette gjelder uavhengig av om bortføringen er nasjonal eller internasjonal. Det er det rene foreldreansvaret som beskyttes. Bestemmelsen er således ikke anvendelig i situasjoner hvor den av foreldrene som bortfører barnet har del i foreldreansvaret, eller hvor barnet holdes borte fra en forelder som kun har samværsrett.
For å ramme situasjoner med felles foreldreansvar, er det lagt til et annet ledd som kun gjelder de internasjonale bortføringene. For disse er vilkåret for straff at det var ulovlig å føre barnet ut av landet. Foreldreansvarsloven krever at den som har foreldreansvaret gir sitt samtykke til utenlandsreiser. Loven krever også samtykke til utenlandsreise fra begge foreldrene hvis de er uenige om hvem av dem som skal ha foreldreansvaret. I slike situasjoner utvides altså straffansvaret til også å gjelde der hvor foreldreansvaret er delt (felles) og samtykke ikke gitt. Den rene samværsretten beskyttes heller ikke av denne delen av bestemmelsen, og en forelder som har foreldreansvaret alene kan således ikke gjøre seg skyldig i brudd på noen del av bestemmelsen.
Både etter første og andre ledd er straffen bot eller fengsel inntil fire år. Påtalemyndigheten avgjør om påtale skal reises, og hvorvidt den skal trekkes hvis barnet leveres tilbake. For å få barnet tilbakeført, har påtalemyndigheten også mulighet til å garantere for at påtale ikke vil bli reist.
4.2 Finland
I den finske straffeloven ble det ved lovendring i 2005 innført et skille mellom barnebortføringer innenlands (strafflagen 25 kap. 5 §), og internasjonale barnebortføringer (strafflagen 25 kap. 5 a §). Mens nasjonale barnebortføringer kan straffes med bot eller fengsel inntil seks måneder, er maksimumsstraffen ved internasjonale barnebortføringer nå to år.
Et siktemål med å innføre høyere strafferamme for internasjonale barnebortføringer var å få frem at det å ta barnet ut av bostedslandet var klart mer klanderverdig. Det ble også antatt at en høyere strafferamme kunne virke avskrekkende og dermed motvirke internasjonale barnebortføringer. Endelig var en strafferamme på minst ett år et vilkår som gikk igjen i flere internasjonale regler om utlevering av lovbrytere, for eksempel EUs rammebeslutning om den europeiske arrestordren og overleveringsprosedyrer mellom medlemsstatene av 13. juni 2002 (2002/584/RIA).
Strafflagen 25 kap. 5 a § rammer den som bortfører et barn i strid med foreldreansvaret. Samværsretten er således ikke beskyttet av straffebudet. Samtidig kan en person som alene har rett til å bestemme hvor barnet skal bo, ikke gjøre seg skyldig i overtredelse av denne straffebestemmelsen.
Ved endringen i straffeloven 2005 ble det samtidig vedtatt en ny bestemmelse om ”eftergift” (strafflagen 25 kap. 9 a §). Når en internasjonal barnebortføring har funnet sted, kan trusselen om straff virke mot sin hensikt og forhindre at bortføreren bidrar til at barnet føres tilbake til bostedslandet. Bestemmelsen åpner for ”eftergift […] i fråga om åtal eller straff …” dersom gjerningspersonen frivillig sørger for at barnet kommer tilbake til bostedslandet, dersom barnets beste tilsier det eller dersom rettergang og straff i lys av de grunner som ledet til bortføringen, anses urimelig (”oskäliga”).
4.3 Sverige
Etter den svenske straffeloven (Brottsbalken 7 kapitlet 4 §) kan det idømmes bot eller fengsel inntil ett år for ”egenmäktighet med barn” under 15 år. Dette omfatter både tilfeller hvor barnet blir tatt fra den som alene har foreldreansvaret, og tilfeller hvor foreldreansvaret er felles og den ene av foreldrene bortfører barnet. Ren samværsrett beskyttes ikke av bestemmelsen. Tilbakeholdelse i strid med Haagkonvensjonen rammes ikke av bestemmelsen når utreisen ble foretatt med samtykke fra den gjenværende av foreldrene.
I tilfeller med tilbakeholdelse kan også den av foreldrene som alene har foreldreansvaret dømmes for ”egenmäktighet” for urettmessig å ta barnet tilbake på egen hånd. Utover dette kan ikke en forelder som alene har foreldreansvaret gjøre seg skyldig i brudd på bestemmelsen.
Bestemmelsen skiller ikke mellom nasjonal og internasjonal bortføring. Om et barn bortføres til et annet land, vil dette imidlertid tale for at lovbruddet karakteriseres som grovt. Etter bestemmelsens tredje ledd økes strafferammen i slike tilfeller til fire år fengsel, med en minstestraff på seks måneder.
”Egenmäktighet” påtales bare offentlig hvis allmenne hensyn krever det. Kan lovbruddet karakteriseres som grovt, er det et forhold som tilsier påtale. Når påtale er reist, er det påtalemyndigheten alene som har kompetanse til å trekke saken.
4.4 Island
Den islandske straffeloven § 193 har stått uendret siden 1940, og tilsvarer den danske bestemmelsens første ledd. Denne gjør det straffbart å unndra et barn fra foreldrenes myndighet eller omsorg. Det er foreldreansvaret som beskyttes av bestemmelsen, og den kan anvendes både på nasjonale og internasjonale barnebortføringer.
Straffen kan settes til bot eller fengsel inntil 16 år eller på livstid. Det tas sjelden ut påtale, og det foreligger lite praksis.”
2.2.3 Bør barnebortføring til utlandet vere straffbar også om det er forelderen som barnet bur fast hos, som bortfører barnet?
2.2.3.1 Høyringsnotatet
Departementet vurderte i høyringsnotatet om den strafferettslege sida av ulovleg internasjonal barnebortføring bør vere ulik alt etter om det er den som barnet bur fast hos, eller den som har samværsretten, som har bortført barnet. Departementet uttalte at straffeføresegna om omsorgsunndraging skal verne foreldra sin rett til å gi omsorg og retten barnet har til å få omsorg. Dette blir sett spesielt på spissen i saker der barnet blir bortført til utlandet og kontakten med den andre forelderen blir heilt avskoren.
Det prinsipielle utgangspunktet til departementet var at ein ikkje bør nytte straff i større utstrekning enn naudsynt. Ei viktig grunngjeving i Ot.prp. nr. 22 (2008–2009) for skjerping av strafferamma for grov omsorgsunndraging var likevel at slik unndraging er særleg alvorleg når barnet blir bortført til eit anna land, spesielt når det er til eit land barnet ikkje har tilknyting til, med ein annan kultur og eit anna språk, jf. side 422. Departementet la til grunn at flyttinga utanlands i utgangspunktet kan opplevast like dramatisk for barnet om det er forelderen som barnet bur fast hos som bortfører det, eller den barnet har samvær med. Ei internasjonal barnebortføring vart rekna som eigna til å medføre skade eller fare for skade på barnet og forelderen som er att, og oppfylte såleis grunnkravet for kriminalisering. I tillegg peikte departementet på at konfliktnivået mellom foreldra normalt vil vere så høgt at det ikkje er mogeleg å få til eit godt samarbeid seinare. Departementet gjekk difor ut frå at trugsmålet om straff i saker om internasjonal barnebortføring i mindre grad enn i dei nasjonale sakene er eigna til å auke konflikten dei imellom.
Departementet la monaleg vekt på at det ved bortføring til land utanfor konvensjonssamarbeidet ikkje ligg føre sivilrettslege verkemiddel til å få barnet ført attende til Noreg. Dessutan gjeld ikkje den strenge plikta til å levere attende barnet etter Haagkonvensjonen når det har gått meir enn eitt år sidan bortføringa. For bortføraren kan dette vere ei oppfordring til å halde barnet skjult. Departementet har erfart at utanlandsk politi ser ut til å prioritere etterlysingar for straffbare forhold i større grad enn etterlysingar av sakna person, noko som kan føre til at barnet blir lokalisert raskare. Trugsmålet om straff er venta å bli ytterlegare effektivisert i tida framover som følgje av den europeiske arrestordren.
Ei utviding av straffansvaret til også å omfatte tilfelle der den som barnet bur fast hos bortfører barnet, gav etter departementet sitt syn best samsvar med dei underliggjande sivilrettslege reglane. Barnelova § 40 første ledd andre punktum slår fast at foreldre som har felles foreldreansvar, må vere samde om ei eventuell flytting til utlandet. Når det er ulovleg for båe partar å flytte utanlands med barnet utan samtykke frå den andre, skal det gode grunnar til for å kriminalisere berre den eine si rettsstridige handling.
Dersom ein av foreldra flytta barnet til utlandet i strid med føresegna om utanlandsflytting etter den tidlegare barnelova § 43, kunne politiet nedleggje mellombels reiseforbod. Etter ei lovendring kom Kjæremålsutvalet i Høgsterett til at dette no berre gjeld ved utanlandsreiser (§ 41), og ikkje utanlandsflytting (§ 40), jf. Rt. 2000 side 306. Departementet meinte dette talar for å utvide straffansvaret, slik at forelderen kan gripast etter straffeprosesslova kapitel 14.
På bakgrunn av det ovannemnde gjekk departementet inn for å utvide straffansvaret ved internasjonale barnebortføringar slik at bortføringar sette i verk av forelderen barnet bur fast hos, også blir omfatta på visse vilkår. Likevel vart det understreka at sakene kan vere svært forskjellige. I nokre tilfelle vil det beste for barnet vere ikkje å forfølgje det strafferettslege tilhøvet, spesielt ved bortføringar som av ulike grunner ikkje er så belastande for barnet.
2.2.3.2 Høyringsfråsegnene
Av høyringsinstansane som har ytra seg om realiteten i framlegget, har alle utanom to støtta eller uttalt seg positivt til framlegget om å utvide straffansvaret ved internasjonale barnebortføringar. Det gjeld Arbeidsdepartementet, Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet, Kunnskapsdepartementet, riksadvokaten, Politidirektoratet, Oslo politidistrikt, Romerike politidistrikt, Kripos, Det Nasjonale Statsadvokatembetet, Barneombodet,Politijuristene og Stine Sofies Stiftelse. Høyringsinstansane viser i hovudsak til departementet si grunngjeving for framlegget i høyringsnotatet.
Politihøgskolen forstår saka slik at det allereie er avgjort politisk at regelen skal endrast, og vel difor å drøfte korleis regelen best kan utformast.
Det nasjonale statsadvokatembetet og Romerike politidistrikt meiner retten barnet har til samvær med båe foreldra bør vere avgjerande, utan omsyn til kven av foreldra som unndrar barnet. Dei uttaler vidare at ei politimelding av handlinga er eit av dei viktigaste verkemidla for ei rask attendeføring av barnet ut frå den erfaringa ein har i dag. Også Kripos uttrykkjer same erfaring. Kripos peiker samstundes på at undersøkingar viser at dei fleste internasjonale sakene om barnebortføring i dag blir sette i verk av den personen som har hovudomsorga for barnet, som oftast mora.
Utgangspunktet til riksadvokaten er at ein må vere restriktiv med å nykriminalisere, men instansen uttaler at samanhengen mellom dei sivilrettslege og strafferettslege reglane, dei andre momenta departementet nemner og moderne tenking tilseier at det som utgangspunkt ikkje er mindre straffverdig å unndra eit barn frå den som har samvær enn frå den barnet bur fast hos. Politijuristene gir uttrykk for eit liknande syn og framhevar omsynet til barnet og det at ein forelder ikkje har ”eigedomsrett” til barnet sitt. I tillegg framhevar instansen at samfunnet og leveforma i dag gjer at eit strafferettsleg vern berre om den som har den daglege omsorga for barnet, kan synast noko forelda.
Barneombodet ser med uro på at talet på saker om internasjonal barnebortføring har auka sterkt dei siste åra. Ombodet meiner at skilnaden i regelverket er kunstig og ikkje i tråd med plikta styresmaktene har til å leggje til rette for at barnet får halde ved like kontakten med båe foreldra.
Kulturdepartementet støttar også framlegget og seier at alle barn treng stabilitet og trygge, faste rammer. Høyringsinstansen presiserer at ei langvarig bortføring kan hindre barnet i å følgje opplegget i norsk barnehage eller skule, og trekkjer fram omsynet til kontinuitet i opplæringa.
To høyringsinstansar, Den Norske Advokatforening og Forsvarergruppen av 1977, støttar ikkje framlegget. Båe høyringsinstansane uttaler at kriminalisering av brot på sivilrettslege pliktar som eit prinsipielt utgangspunkt bør avgrensast til situasjonar der sterke grunnar taler for det, og der andre verkemiddel ikkje er like gode eller betre eigna til å oppnå etterleving.
Den Norske Advokatforening uttaler:
“Det fremstår etter Advokatforeningens oppfatning som en ugrunnet ulikhet at denne type handlinger skal straffesanksjoneres kun fordi kriteriet om bortføring over landegrensen er oppfylt. Problemet er etter Advokatforeningens syn selve nektelsen av kontakt med samværsforelderen. Dersom man skal beskytte det departementet viser til som hovedformålene bak straffebestemmelsen — foreldrenes rett til å gi omsorg, barnets rett til å få omsorg, samt barnets rett til å opprettholde sin personlige forbindelse med den andre av foreldrene, jf forrige avsnitt — må man også operere med dette som vilkår for straff. Etter Advokatforeningens oppfatning innebærer dette at det er selve nektelsen av barnets personlige forbindelse med den andre forelderen som er skadelig for barnet, og at dette derfor er det straffverdige.
Reelt sett er det derfor vanskelig å se gode grunner for at den forelder som bor i Norge med foreldreansvaret — og som nekter den andre forelder å treffe sitt barn — skal være straffri alene av den grunn at vedkommende ikke krysser riksgrensen. Etter Advokatforeningens oppfatning er betydningen for barnet nøyaktig den samme.”
Instansen held vidare fram at flyttinga til eit anna land kan vere den beste løysinga for barnet, og at det ikkje bør vere påtaleansvarleg jurist som skal vurdere dette i form av påtaleunnlating. Ei slik vurdering bør overlatast til domaren.
Forsvarergruppen av 1977 peiker på at ein må vere varsam med å kriminalisere ei handling der utgangspunktet er ein sivil konflikt og straffansvaret berre vil ramme den eine av partane i konflikten. Instansen held fram:
”Ved den sivilrettslige avgjørelse av plassering av foreldreansvar vil ulike hensyn ofte ha spilt inn og den endelige avgjørelse kan ha budt på vanskelige vurderinger av barnets beste og hvor avgjørelsesmyndigheten ofte har basert seg på omfattende utredninger av spesialister og sakkyndige.
Det fremstår som svært problematisk å omplassere disse vurderingene av hva som er til det beste for barnet fra det sivilrettslige og inn i strafferetten.”
Forsvarergruppen av 1977 meiner den lovpolitiske og preventive effekten av straffansvar i desse sakene same kva vil vere liten, og peiker på andre tiltak som å skjerpe handhevinga av aksept av doble statsborgarskap og å etablere bilaterale samarbeidsavtalar med dei landa som ikkje har signert Haagkonvensjonen, som meir effektive. Den Norske Advokatforening trekkjer på si side fram som eit alternativ å gjere utreiseforbod i medhald av barnelova § 41 straffbar.
Fleire instansar har også gjeve fråsegner om den nærare utforminga av lovframlegget.
Nokre høyringsinstansar reiser spørsmålet om framlegget etter sin ordlyd vil ramme ulovlege attendehaldingar i utlandet. Riksadvokaten er usikker på om det å ”ta” barnet ut av landet dekkjer situasjonar der sjølve utreisa neppe var straffbar i seg sjølv, men der det bør vere straffbart ikkje å returnere til Noreg med barnet. Kripos peiker på den same problemstillinga og Politidirektoratet ber departementet vurdere om framlegget bør presiserast på dette punktet. Politihøgskolen uttaler at det neppe er noka heldig løysing at straffansvaret skal avhenge av om påtalemakta kan prove at den ”stuttare utanlandsferda” aldri var meint å vere slutt.
2.2.3.3 Departementet si vurdering no
Høyringa har styrkt departementet i synet på at straffansvaret for internasjonal barnebortføring bør bli utvida til også å omfatte bortføringar sette i verk av den forelderen barnet bur fast hos.
Departementet er samd i innvendinga at kriminalisering av brot på sivilrettslege pliktar bør avgrensast til situasjonar der sterke grunnar taler for det. Det er departementet si oppfatning at sterke grunnar ligg føre i dette tilfellet. Ulovleg internasjonal barnebortføring er eit aktuelt og alvorleg problem som kan vere til stor belastning for barnet og den forelderen som er att. Dessutan blir dei fleste internasjonale barnebortføringar no gjennomførte av hovudomsorgspersonen, som oftast mora til barnet. Den einsidige vekta som er tillagd omsynet til den daglege omsorga, kan synast å gi uttrykk for eit noko forelda samfunnsbilete. Sjølv om den daglege omsorga er viktig for barnet, vil også samværsforelderen ha viktige omsorgsfunksjonar. Dette var mellom anna ein del av grunngjevinga for å ta uttrykket “dagleg omsorg” ut av barnelova, jf. Ot.prp. nr. 56 (1996–1997) side 53. Departementet legg til grunn at det i utgangspunktet er i barnet si interesse å ha samvær med båe foreldra. Dette kjem mellom anna til utrykk i Barnekonvensjonen artikkel 9 nr. 3, som slår fast at barn har rett til direkte kontakt og binding til båe foreldra så sant det er det beste for barnet. Som fleire av høyringsinstansane er inne på, legg også departementet vekt på at uavhengig av kven som står for bortføringa, vil barnet ved ei bortføring til utlandet bli unndrege frå sitt faste miljø i Noreg. Omsynet til barnet tilseier difor at det ikkje bør vere strafferettsleg skilnad på om det er den barnet bur fast hos eller den barnet har samvær med som bortfører det.
Departementet er ikkje samd i at framlegget framkallar ein ugrunna ulikskap mellom bortføringar som skjer i Noreg og bortføringar som skjer til utlandet. Ei internasjonal barnebortføring er i utgangspunktet meir klanderverdig enn ei nasjonal barnebortføring. Blir eit barn ulovleg bortført i Noreg, kan dessutan tvangsåtgjerd skje med heimel i barnelova § 56, jf. tvangsfullbyrdingslova kapittel 13. Dersom forelderen ikkje rettar seg etter vedtak om omsorgsovertaking, kan vedtaket tvangsgjennomførast etter barnevernlova § 6-8. I land utanfor konvensjonssamarbeidet finst ikkje sivilrettslege verkemiddel som kan få barnet ført attende til Noreg. Norske styresmakter har ikkje jurisdiksjon til å gripe inn mot den ulovlege handlinga i utlandet, men er avhengig av bistand frå styresmaktene i landet der barnet oppheld seg. I einskilde saker har departementet erfart at utanlandsk politi prioriterer saka høgare når det er ferda ut ei etterlysing for straffbar handling saman med ei etterlysing av barnet for lokalisering. Også Det Nasjonale Statsadvokatembetet og Kripos uttrykkjer røynsle med dette i høyringsfråsegnene. Nokre gonger har det difor vore naudsynt å setje i verk straffesak for å løyse den sivile saka. Trugsmålet om straff er venta å bli ytterlegare effektivisert i tida framover som følgje av den europeiske arrestordren. Dersom bortføraren veit at norske styringsmakter har lita mogelegheit til å få barnet attende til Noreg, fryktar departementet at konsekvensane av ei ulovleg bortføring føreteken av den barnet bur fast hos, ikkje vil verke tilstrekkeleg avskrekkande. Prevensjonsomsynet talar difor for å straffleggje handlinga.
Forsvarergruppen av 1977 er i tvil om internasjonalt politisamarbeid vil vere effektivt og seier eit trugsmål om straff vil kunne føre til stadig fleire flyttingar til skade for barnet. Departementet er samd i at ei politimelding og internasjonal etterlysing av bortføraren i nokre saker har ført til at bortføraren vegrar seg for å returnere frivillig til Noreg dersom han står i fare for å bli gripen og fengsla. Ved eit par høve har dette blitt løyst ved at påtalemakta har ferda ut garanti om at bortføraren ikkje vil bli gripen ved retur til Noreg med barnet. Bruk av påtaleunnlating kan vere eit aktuelt alternativ i saker der forelderen frivillig returnerer med barnet til Noreg og det er til det beste for barnet å unnlate rettargang og straff.
På bakgrunn av det ovannemnde fastheld departementet framlegget om å utvide straffansvaret ved internasjonale barnebortføringar slik at bortføringar sette i verk av den forelderen barnet bur fast hos, også blir omfatta på visse vilkår. Departementet vil likevel understreke at framlegget ikkje er meint å endre utgangspunktet om at sivilrettslege sanksjonar normalt er å føretrekkje. I nokre tilfelle vil det beste for barnet vere å unnlate strafferettsleg forfølging av saka, spesielt ved utanlandsbortføringar som ikkje har så mykje å si for barnet.
Departementet ser ikkje grunn til å utvide straffansvaret for barnebortføringar som skjer i Noreg. Straff for nasjonale barnebortføringar sette i verk av den forelderen barnet bur fast hos, vil kriminalisere meir enn det som er ulovleg etter den underliggjande sivile retten, jf. barnelova § 37 som slår fast at det er den som barnet bur fast hos, som avgjer kvar i Noreg barnet skal bu.
Nokre høyringsinstansar meiner det er tvilsamt om framlegget etter sin ordlyd omfattar høvet der sjølve utreisa frå Noreg var lovleg, men der barnet ulovleg blir halde attende, til dømes etter eit ferieopphald. Dette er eit spørsmål om unndraginga må vere ulovleg når bortføraren kryssar landegrensa med barnet, eller om det er tilstrekkeleg at unndraginga blir ulovleg under utanlandsopphaldet. Denne problemstillinga vart ikkje drøfta uttrykkjeleg i høyringsnotatet.
Departementet er samd i at ordlyden kan tyde på at unndraginga må vere ulovleg på tidspunktet barnet vart teke ut av landet, jf. utrykksmåten “tar” ut av landet samanhalde med “og ved det” ulovleg unndrar. Meininga var å få fram at det må vere ein samanheng mellom overskridinga av landegrensa og den ulovlege unndraginga, ikkje naudsynleg at vilkåra må vere oppfylte samstundes. Det skal vere tydeleg at andre punktum berre gjeld internasjonale og ikkje nasjonale bortføringar. Straffansvaret er også meint å omfatte ulovleg attendehalding i utlandet sjølv om det på tidspunktet for utreisa frå Noreg ikkje låg føre ei ulovleg handling. Departementet ser grunn til å gjere det tydelegare korleis lova er å forstå på dette punktet. Eit alternativ kunne vere å ta bort “ved det” i lovteksten. Departementet er ikkje stemt for ei slik løysing, sidan det vil gjere det mindre klart at berre bortføringar til utlandet er omfatta. I staden vil det i lovteksten uttrykkjeleg takast inn at fråsegna også gjeld der vedkommande “holder tilbake en umyndig i utlandet”.
2.2.4 Den nærare avgrensinga av straffansvaret
2.2.4.1 Høyringsnotatet
I høyringsnotatet punkt 5.3 reiste departementet spørsmålet om det bør vere eit vilkår for straff at den barnet blir ulovleg unndrege frå, ikkje berre har del i foreldreansvaret, men også har rett til samvær:
“En naturlig avgrensning av straffansvaret for internasjonal barnebortføring kan være å knytte det til foreldreansvaret, slik som i Danmark og Finland. Bestemmelsen vil da ramme enhver som unndrar en umyndig fra noen som har ”foreldreansvar”. På den måten kan den barnet bor fast hos straffes for ulovlig internasjonal barnebortføring på lik linje med samværsforelderen. Å knytte straffansvaret til foreldreansvaret gir dessuten god sammenheng med den underliggende sivile retten, jf. punkt 3.2 foran. På den annen side er det mindre naturlig å snakke om ”omsorgsunndragelse” hvis den gjenværende forelderen ikke har samvær med barnet. Som fremstillingen foran har vist, kan det tenkes at den gjenværende forelderen har felles foreldreansvar uten å ha samværsrett (punkt 3.2.2.1). Et sentralt spørsmål under utarbeidelsen av forslaget har derfor vært om straffansvaret bør knyttes til unndragelse fra foreldreansvaret uten at det også stilles krav om samværsrett. Det er først og fremst barnets interesse i å ha samvær med begge foreldrene som trenger strafferettslig beskyttelse. Selv om omsorgselementet inngår i foreldreansvaret, regulerer samværsretten den personlige siden av forholdet mellom barnet og den forelderen som ikke bor sammen med det. Skadefølgen ved at barnet bortføres til utlandet uten samtykke fra den gjenværende forelderen, er dessuten mindre fremtredende om barnet og vedkommende forelder ikke har samvær. Det prinsipielle utgangspunktet om ikke å anvende straff i større utstrekning enn nødvendig tilsier at man velger den minst omfattende løsningen, som her vil være å oppstille et krav om både foreldreansvar og samværsrett. Det bør imidlertid ikke oppstilles noe krav til omfanget av samværet. Også samvær av mindre omfang enn ”vanleg samværsrett” (jf. barneloven § 43 annet ledd tredje punktum), bør av hensyn til formålet med bestemmelsen være tilstrekkelig. Det bør imidlertid være en forutsetning at samværet rent faktisk er eller vil bli utøvd. Det kan tenkes tilfeller der bortføringen skjer samtidig med flytting eller rett i etterkant av et samlivsbrudd, og at samvær (ennå) ikke er avtalt eller kommet i gang. Departementet foreslår at straffansvaret omfatter tilfellene hvor det reises sak om samvær eller fast bopel i forbindelse med samlivsbruddet, inkludert begjæring om foreløpig avgjørelse. Det bør være tilstrekkelig at en forelder har begjært mekling. En løsning som skissert reiser spørsmålet om hvor lang tid som bør aksepteres fra bortføringen skjer til den gjenværende forelderen tar skritt som nevnt. Gjenværende (samværs)forelder kan av ulike årsaker trenge noe tid til å områ seg, og tidsrammen bør etter departementets syn være vid, for eksempel seks måneder regnet fra det tidspunktet vedkommende bodde sammen med barnet. En (samværs)forelder som ikke har reist sak eller begjært mekling innen en slik tidsfrist, bør ikke lenger være beskyttet av straffebudet. Departementet finner ikke grunn til å gi gjenværende forelder strafferettslig beskyttelse om vedkommende ikke har del i foreldreansvaret, men kun har samværsrett. Hensynet til barnet kunne riktignok talt for en slik løsning. Det ville også være i tråd med barnekonvensjonen å ta utgangspunkt i barnets rett til samvær med begge foreldrene, og definere en bortføring som ulovlig og straffbar om den forhindret slikt samvær. På den annen side ville en slik løsning bety at man kriminaliserte mer enn det som er ulovlig etter den underliggende sivile retten, og det er det ikke grunnlag for etter departementets syn. Selv om departementets foreløpige syn er at det for straffansvar bør oppstilles et krav om at gjenværende forelder ikke bare har del i foreldreansvaret, men også har samværsrett, inneholder høringsnotatet en skisse til lovutkast etter begge modeller.”
Departementet oppmoda høyringsinstansane til å kome med synspunkt på kva alternativ som er å føretrekkje. I alternativ 1 var det eit vilkår at barnet blir ulovleg unndrege frå nokon som har foreldreansvar og anten bur saman med barnet, har samværsrett med barnet eller har kravd mekling eller reist sak for retten etter barnelova § 56 innan seks månader rekna frå det tidspunktet vedkommande budde saman med barnet. I alternativ 2 var det berre eit vilkår at barnet blir ulovleg unndrege frå nokon som har foreldreansvar for barnet.
2.2.4.2 Høyringsfråsegnene
Dei fleste høyringsinstansane som meiner det er naudsynt å utvide straffansvaret for internasjonal barnebortføring, har fremma synspunkt på dei to alternative framlegga. Alternativ 1 får støtte frå sju høyringsinstansar, mens fire høyringsinstansar støttar alternativ 2. Fleire høyringsinstansar gjev uttrykk for tvil om kva alternativ dei skal støtte.
Det Nasjonale Statsadvokatembetet har under tvil valt å støtte alternativ 1. Embetet meiner alternativ 2 er det riktige av omsyn til barnet, men viser til dei synspunkt og motførestellingar som departementet nemner i høyringsnotatet. Politihøgskolen framhevar at det kan synast strengt å bruke straffelova til å hindre ein forelder i å flytte med barnet når den andre forelderen ikkje har rett til samvær, og har under ein viss tvil kome til at alternativ 1 gir den beste løysinga.
Også Arbeidsdepartementet støttar alternativ 1. Høyringsinstansen meiner vilkåret om foreldreansvar harmonerer best med dei sivilrettslege reglane om utanlandsreiser med barn, og at vilkåret om samværsrett framhevar at det er omsorgselementet som skal vernast. Høyringsinstansen presiserer at det ikkje bør vere krav til omfanget av samværet, men at det bør klargjerast om det skal stillast krav om ein dokumenterbar samværsavtale eller om påstand om samvær er tilstrekkeleg.
Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet og Kripos støttar alternativ 1 i framlegget og sluttar seg til synspunktet om at det er mindre naturleg å snakke om ”omsorgsunndraging” dersom den andre forelderen ikkje har samværsrett med barnet. Også Oslo politidistrikt meiner ordlyden bør vere i tråd med alternativ 1, men er oppteke av utfordringane i høve til bevis. Kunnskapsdepartementet og riksadvokaten har ikkje sterke meiningar om kva alternativ som er føremålstenleg, men riksadvokaten peiker på at det tidvis kan vere uklart om attverande forelder har samværsrett eller ikkje:
“Og hva med de tilfeller der gjenværende forelder har samværsrett, men over tid selv har valgt ikke å ha samvær med sitt barn? Hvis straffansvaret knyttes opp mot samværsrett, er det for øvrig ønskelig at forarbeidene sier noe om situasjonen der samværet (skal) gjennomføres i henhold til det som er bestemt, ved at barnet returnerer til Norge i aktuelle perioder.”
Stine Sofies Stiftelse meiner det må stillast krav til faktisk og utøvd samvær, og at alternativ 1 er best eigna til å ta vare på interessene til samværsforelderen, bustadsforelderen og barnet.
Barneombodet støttar alternativ 2 og meiner alternativ 1 er for uklart:
”I den foreslåtte ordlyden brukes begrepet ”har samværsrett med barnet”, mens i høringsnotatet står det at det er ”en forutsetning at samvær rent faktisk er eller vil bli utøvd”. Dette er ikke nødvendigvis sammenfallende da det i en god del tilfeller vil være forskjell på den samværsretten som er avtalt og hva som rent faktisk gjennomføres.”
Ombodet peiker vidare på at dersom det skal vere ein frist for å reise sak om samvær, bør fristen gjelde frå det tidspunktet der ein trur barnet er teke ut av landet, og fristen bør vere vesentleg lengre enn 6 månader, ettersom det kan ta tid å områ seg i ein slik situasjon.
Politidirektoratet ser argumenta for alternativ 1, men finn etter ei heilskapsvurdering å gi si støtte til alternativ 2. Høyringsinstansen viser til at alternativ 2 vil gi færre tolkingsalternativ og utfordringar i høve til bevis og at dette gir best samanheng med dei underliggjande sivilrettslege reglane om utanlandsreiser med barn.
Romerike politidistrikt går inn for alternativ 2, idet politidistriktet meiner at dette i størst grad oppfyller artikkel 9 nr. 3 i barnekonvensjonen og heng best saman med reglane i barnelova. Med tilslutnad frå Politidirektoratet uttaler Romerike politidistrikt:
“Den generelle rettsstridsreservasjonen i strafferetten, og det vide spekteret av reaksjonsmuligheter (fra straffutsettelse og påtaleunnlatelser til ubetinget fengsel), medfører uansett at man også med det utvidede straffansvaret i alternativ 2, kan unngå å treffe avgjørelser som i den enkelte sak fremstår som urimelig.”
Politijuristene er i tvil, men synest best om alternativ 2. Instansen reiser likevel spørsmålet om ikke føresegna bør verne også den som berre har samværsrett:
“Dette spørsmålet er vanskelig, men det kan på bakgrunn av det nevnte, være grunn for lovgiver å vurdere om et nytt tillegg i strl. § 216, i samsvar med alternativ 2, bør lyde: “På samme måte straffes den som ulovlig unndrar en umyndig fra noen som har foreldreansvar, eller som bor sammen med barnet eller har samværsrett, eller har reist sak for retten etter barnelova § 56 innen seks måneder regnet fra det tidspunkt vedkommende bodde sammen med barnet, ved at den umyndige tas ut av landet eller medvirker til dette.” Det som her er sagt vil da gjelde for utformingen av straffeloven av 2005 § 261.”
2.2.4.3 Departementet si vurdering no
Høyringsinstansane er delt i synet på alternativ 1 og 2. Eit knapt fleirtal går for alternativ 1. Dei fleste instansane uttrykkjer tvil om kva alternativ dei ser på som mest føremålstenleg.
Det er i utgangspunktet omsynet til tilknytinga mellom foreldre og barn som skal vernast av føresegnene. Dersom forelderen som er att ikkje har eller utøver samværsrett med barnet, er det ikkje like innlysande kvifor han skal ha eit strafferettsleg vern. På den andre sida kan forelderen som er att frå nå av ønske samvær (eit ønske som kan tenkjast å ha utløyst bortføringa), og lovgjevar skal legge til rette for kontakt med båe foreldra. Alternativ 2 samsvarer også best med kva som er ulovleg etter dei underliggjande sivilrettslege reglane, og synest også å vere dekkjande for synet Justiskomiteen gav uttrykk for i tilknyting til behandlinga av straffelova 2005, jf. punkt 2.1 ovanfor. Departementet ser også, som fleire av høyringsinstansane har vore inne på, at det er grunn til å problematisere når vilkåret om samværsrett skal sjåast på som oppfylt. Dei bevismessige utfordringane kan vere store. På denne bakgrunn har departementet kome til at det ikkje bør vere eit krav om samværsrett. Departementet er samd i at den alminnelege ulovfesta rettsstridsreservasjonen kan gjere at ein i visse tilfelle kan unnlate å treffe avgjerder som verkar urimelege etter alternativ 2.
Departementet ser ikkje grunn til å gi attverande forelder strafferettsleg vern dersom han har samværsrett, men ikkje del i foreldreansvaret. Omsynet til barnet kunne isolert sett tale for ei slik løysing, men departementet finn ikkje grunn til å kriminalisere meir enn det som er ulovleg etter den underliggjande sivile retten.
På denne bakgrunnen gjer departementet framlegg om å formulere lovteksten i samsvar med alternativ 2 i høyringsnotatet, slik at vilkåret for straff er at den umyndige blir ulovleg unndregen frå ein som har foreldreansvar.
2.3 Korleis hindre at føresegna om internasjonal barnebortføring rekk for vidt?
2.3.1 Innleiing
I høyringsnotatet problematiserte departementet at det kan vere saker med stor individuell ulikskap og ulik grad av straffverd som kan tenkjast å bli ramma av ei føresegn om internasjonal barnebortføring (side 54):
”Selv om det normalt er stor forskjell på å flytte barnet til et annet sted i Norge og å flytte det utenlands, vil belastningen som påføres barnet og den gjenværende forelder i noen grad avhenge av hvilket utland barnet bortføres til. Straffebestemmelsene i straffeloven 1902 § 216 og straffeloven 2005 § 261 får anvendelse på flytting fra Norge til hvilket som helst utland. Det gjør ingen forskjell om det er til et nordisk land, en annen EØS-stat eller et annet land. Det er også uten betydning om flyttingen skjer til den enes eller begge foreldrenes opprinnelige hjemland eller et land hvor barnet tidligere bodde.”
Departementet gav også døme på andre høve som kan bidra til at belastninga på barnet vil vere ulik frå sak til sak:
”Belastningen som påføres barnet vil også være avhengig av andre forhold enn geografiske og kulturelle avstander, for eksempel varigheten av oppholdet, forholdene barnet lever under i landet det er bortført til og om barnet har hatt kontakt med den gjenværende forelderen i perioden. Det kan også tenkes tilfeller hvor en straffesak mot mor eller far vil ramme barnet så hardt at det ikke er rimelig å reagere med straff.”
Årsakene til at samværet blir sabotert kan med andre ord vere mange. Spørsmålet er om straffansvaret bør avgrensast for å unngå urimelege resultat.
2.3.2 Ta inn ein uttrykkeleg rettsstridsreservasjon i føresegna?
2.3.2.1 Gjeldande rett
Etter straffelova 1902 § 216 første ledd skal omsorgsunndraginga vere “ulovlig”, eit uttrykk som viser til lovverket elles, mellom anna reglane i barnelova og barnevernlova. Straffelova 2005 § 261 inneheld ikkje reservasjonen “ulovlig” fordi straffebodet presiserer kva rettsgrunnlag som er verna. Straffridomsgrunner som nødrett og nødverje vil kunne hindre bruk av straff. Også den alminnelege ikkje-lovfesta rettsstridsreservasjonen – at ei handling ikkje kan straffast viss ho er tilbørleg etter ei sosialetisk vurdering – vil gjelde her som elles.
2.3.2.2 Høyringsnotatet
Departementet uttalte i høyringsnotatet at “uberettiget” vil vere ein breiare referanse enn “ulovlig” ettersom det også blir vist til handlingar som er i strid med akseptabel åtferd. I Ot.prp. nr. 8 (2007–2008) Om lov om endringar i straffelova 20. mai 2005 nr. 28 m.m. side 22 la departementet til grunn at reservasjonen “uberettiget” eller “urettmessig” skal brukast i dei tilfella “ulovlig” ikkje strekk til. I høyringsnotatet reiste likevel departementet spørsmålet om ikkje bortføringa i seg sjølv i dei aller fleste tilfella er i strid med akseptabel åtferd, mens omstenda særleg i etterkant kan tale imot bruk av (streng) straff. For å oppnå den ønskte preventive effekten burde ein gi eit klart signal om at bortføring av barn til utlandet utan samtykke frå den andre forelderen er straffbar. Samstundes uttalte departementet at det ikkje kan sjåast vekk frå at ei bortføring kan reknast som akseptabel åtferd, til dømes der bortføraren og/eller barnet unntaksvis er offer for overgrep frå den andre forelderen. Departementet fann difor grunn til å understreke at kvart einskilt av desse tilfella må vurderast konkret med omsyn til utstrekninga av straffansvaret.
I framlegget til lovtekst i straffelova 1902 § 216 første ledd nytt andre punktum vart den nogjeldande reservasjonen “ulovlig” oppretthalden. Sidan straffebodet i straffelova 2005 § 261 presiserer kva slags rettsgrunnlag som er verna, var det opphavleg ikkje behov for ein slik reservasjon i lovteksten. Departementet fann likevel grunn til å leggje inn reservasjonen “ulovlig” i framlegget til lovtekst i straffelova 2005 § 261 første ledd nytt andre punktum, ettersom “ulovlig” viser til den underliggjande sivile retten. Departementet uttrykte likevel tvil om ein meir omfattande rettsstridsreservasjon burde med, og bad om synet til høyringsinstansane.
2.3.2.3 Høyringsfråsegnene
Høyringsinstansane har eit noko ulikt syn på framlegget om ein rettsstridsreservasjon:
Politidirektoratet meiner reservasjonen “ulovlig” er tilstrekkeleg, utan at standpunktet blir grunngjeve ytterlegare. Arbeidsdepartementet meiner det er riktig å nytte reservasjonen “ulovlig” som viser til den underliggjande sivile retten. Politijuristene kan heller ikkje sjå at det er naudsynt med ei ytterlegare avgrensing av straffansvaret dersom ein har ei grundig påtalevurdering ved iverksetjinga av etterforskinga.
Oslo politidistrikt på si side uttaler at ordet “uberettiget” bør nyttast til å famne om fleire situasjonar. Distriktet meiner det likevel neppe vil kome på spissen, sidan ei bortføring av barn til utlandet same kva er ulovleg og i strid med akseptabel åtferd.
Riksadvokaten uttaler at den vanlege ikkje-lovfesta rettsstridsreservasjonen, saman med påtalemakta si skjønnsmessige vurdering av om saka bør bli straffeforfølgd og eventuelt med kva for ein reaksjon, vil vere tilstrekkeleg til å unngå urimelege konsekvensar, og at det korkje er naudsynt eller føremålstenleg å ta inn eit krav om at ansvaret gjeld ”ulovlig” eller ”uberettiget” unndraging.
Barneombodet meiner det ikkje har grunnlag for å vurdere om “ulovlig” eller “uberettiget” bør nyttast, men er oppteke av at det ikkje alltid vil vere til det beste for barnet å sanksjonere bortføringa med straff. Politihøgskolen er inne på same problemstilling.
Stine Sofies Stiftelse viser til at bortføring grunna vald kan vere akseptabel åtferd for å verne barnet og stiller seg positiv til at det må gjerast ei konkret vurdering i kvar einskild sak med omsyn til utstrekninga av straffansvaret. Også Politihøgskolen uttaler at det kan oppstå vanskelege spørsmål om nødrett og nødverje der omsorgsunndraginga er eit resultat av overgrep frå den andre forelderen:
“På den eine sida kan ein ikkje sjå bort frå risikoen for at den unndragande forelderen hevdar at den andre har opptredd straffbart for å rettferdiggjere sin eiga handling. På den andre side kan det verke urimeleg å straffe den som sjølv meiner at han eller ho verjer seg sjølv eller barnet mot overgrep. Den som sjølv held det for overvegande sannsynleg at barnet er utsett for overgrep og meiner at einaste løysing er å reise eller til eller bli i utlandet, må vurderast etter si eigen oppfatning av samanhengen – og om ei melding til politiet om overgrep vert lagt bort. Samstundes reiser ei slik sak vanskelege spørsmål om borgarane sin rett til å hindre iverksetjing av lovlege vedtak. Det kan vere ein fordel om dette spørsmålet vert drøfta noko grundigare i proposisjonen enn det som er gjort i høyringsnotatet.”
2.3.2.4 Departementet si vurdering no
Departementet held fast ved at det er naudsynt å ta inn ein reservasjon for å gjere det klart at det blir vist til den underliggjande sivile retten. Høyringa har styrkt departementet i synet på at reservasjonen “ulovlig” er tilstrekkeleg og har formulert lovframlegget i samsvar med det. Departementet understrekar at kvart einskilt tilfelle må vurderast konkret med omsyn til utstrekninga av straffansvaret og på bakgrunn av dei særlege omsyna som kan gjere seg gjeldande mellom nærståande.
I saker der bortføraren og/eller barnet til dømes er gjenstand for overgrep frå den andre forelderen, eller omsynet til barnet taler for at bortføringa ikkje er straffverdig, vil reglane om nødrett og nødverje eller den alminnelege ikkje-lovfesta rettsstridsreservasjonen kunne kome i bruk.
2.3.3 Avgrense straffansvaret slik at det berre omfattar bortføringar til statar som ikkje har slutta seg til Haagkonvensjonen?
2.3.3.1 Gjeldande rett og høyringsnotatet
Straffelova 1902 § 216 og straffelova 2005 § 261 kjem til bruk på bortføringar til alle statar. I høyringsnotatet vurderte departementet om føresegnene berre bør bli brukte på bortføringar til statar som ikkje har slutta seg til Haagkonvensjonen. Departementet viste til at det særleg er i desse sakene dei sivilrettslege sanksjonane kjem til kort. På den andre sida uttalte departementet at det er døme på saker der Haagkonvensjonen ikkje har fungert etter sitt føremål som følgje av utilfredsstillande handtering av saka i landet barnet er bortført til. Det ble også vist til at den strenge attendeleveringsplikta etter Haagkonvensjonen tek slutt når det har gått eitt år frå bortføringa hende. Det å kunne etterlyse bortføraren for eit straffbart høve vart sett på som å vere eit viktig verkemiddel for å få barnet attende til Noreg, og departementet konkluderte med at gjeldande rett bør vidareførast.
2.3.3.2 Høyringsfråsegnene
Av dei høyringsinstansane som har uttalt seg om spørsmålet, er alle positive til å la føresegna om barnebortføring kome i bruk utan omsyn til om staten som barnet er bortført til, har slutta seg til Haagkonvensjonen eller ikkje.
Politidirektoratet er, i likskap med Kripos og Oslo politidistrikt, samde med departementet i at det korkje er praktisk eller naturleg å knytte straffansvaret til kva for eit land barnet er bortført til. Basert på erfaring frå tidlegare saker uttaler Det Nasjonale Statsadvokatembetet at eit utvida straffansvar kan vere like nyttig i høve til land som har slutta seg til Haagkonvensjonen. Politijuristene er samde i det og framhevar at noko anna kan synast å vere ein lite heldig skilnad i handsaminga av slike saker.
2.3.3.3 Departementet si vurdering no
Høyringa har styrkt departementet i synet på at det utvida straffansvaret også bør omfatte bortføringar til statar som ikkje har slutta seg til Haagkonvensjonen, og held fast ved framlegget i høyringsnotatet.
2.4 Påtale
2.4.1 Gjeldande rett
Etter straffelova 1902 § 216 tredje ledd finn strafforfølging berre stad når det er kravd av den fornærma. Føresegna har i utgangspunktet merksemda retta mot den krenkte forelderen, men både barnet og andre føresette kan reknast som fornærma.
2.4.2 Høyringsnotatet
I høyringsnotatet gjorde departementet framlegg om å endre straffelova 1902 § 216 tredje ledd slik at påtale også kan reisast dersom allmenne omsyn taler for det. Departementet peikte på at ein slik regel i større grad vil ta vare på interessa til barnet. Det vart vist til at både omsynet til føremålet med og verknadene av straffa, effektivitetsomsyn og personvernomsyn taler for å endre regelen, på same måte som ein i straffelova 2005 gjekk bort frå ordninga med påtalekrav frå den fornærma, jf. Ot.prp. nr. 90 (2003–2004) side 62-63.
2.4.3 Høyringsfråsegnene
Alle høyringsinstansane som har gitt fråsegn om framlegget, er positive. Det gjeld riksadvokaten, Politidirektoratet, Det Nasjonale Statsadvokatembetet, Kripos, Oslo politidistrikt og Politijuristene.
Det Nasjonale Statsadvokatembetet,Politidirektoratet, Kripos og Oslopolitidistrikt sluttar seg til departementet sitt syn om at endringa i større grad vil ta vare på interessene til barnet. Politidirektoratet framhevar at dei omsyna som ligg bak ordninga med offentleg påtale, gjer seg særleg gjeldande i saker der gjerningsperson og fornærma er nærståande. Politijuristene gjev uttrykk for eit liknande synspunkt, og uttaler at påtalekrav frå den fornærma kan opne for utilbørleg press eller tvang frå gjerningspersonen for å unngå at handlinga blir tiltalt.
2.4.4 Departementet si vurdering no
På bakgrunn av høyringa held departementet fast ved å endre påtaleregelen i straffelova 1902 § 216 tredje ledd slik at påtale også kan reisast dersom allmenne omsyn taler for det. Ei bortføring kan vere til stor belastning for barnet. Departementet går ut frå at det er til det beste for barnet at ein påtale ikkje er avhengig av om den andre forelderen politimelder handlinga, ettersom denne kan frykte, eller bli utsett for, press eller tvang frå bortføraren. Sidan det er omsynet til barnet som i stor grad grunngjev straffansvaret, må dette få avgjerande tyding.