4 Påtale- og ankekompetansen til politiet
4.1 Innleiing
Politiet sin kompetanse til å avgjere spørsmålet om tiltale er regulert i straffeprosesslova § 67 andre og tredje ledd. Kompetansen til å treffe andre påtaleavgjerder følgjer reglane om tiltale såframt ikkje noko anna er bestemt.
Straffeprosesslova § 67 andre ledd bokstav a til d regulerer i kva for slags typar saker politiet har kompetanse til å avgjere spørsmålet om tiltale, heretter omtala som påtalekompetanse.
Etter bokstav a har politiet påtalekompetanse i saker om misferder.
Etter bokstav b har politiet påtalekompetanse i saker om brotsverk som ikkje kan medføre straff av fengsel i meir enn eitt år. Dette gjeld likevel ikkje saker etter straffelova kapittel 12 og § 176 andre ledd, §§ 198 og 237.
Etter bokstav c har politiet påtalekompetanse i saker om brot på enkelte nærare fastsette føresegner i straffelova 1902.
Etter bokstav d har politiet påtalekompetanse i saker om brot på enkelte nærare fastsette føresegner i spesiallovgivinga.
Etter straffeprosesslova § 67 tredje ledd første punktum er det politimeisteren som avgjer spørsmålet om tiltale i saker som nemnt i andre ledd bokstav b til d. Etter straffeprosesslova § 67 tredje ledd andre punktum kan politimeisteren etter generelle retningslinjer gjeve av riksadvokaten og med skriftleg samtykke frå førstestatsadvokaten avgjere at også andre tenestemenn med juridisk embetseksamen eller mastergrad i rettsvitskap innan påtalemakta i politiet skal ha slik avgjerdsmakt. Etter riksadvokaten sitt rundskriv RA-2004-4 må ein politijurist normalt ha gjort teneste i minst eitt år i påtalemakta og i den perioden ha sendt alle saker om brotsverk til statsadvokaten for påtaleavgjerd for å kunne få tildelt utvida påtalekompetanse. Vidare må politijuristen ha aktorert minst ti hovudforhandlingar om brotsverk og ha gjennomført grunnutdanning for politijuristar.
Etter straffeprosesslova § 67 tredje ledd tredje punktum kan likevel alle tenestemenn innan påtalemakta i politiet skrive ut førelegg i saker som nemnt i straffeprosesslova § 67 andre ledd bokstav b.
Straffeprosesslova § 68 regulerer kompetansen til å anke over dom, jf. punkt 4.3.
Ved nokre endringar i straffelova 1902 dei seinare åra har ein oversett at endringane førte med seg behov for justeringar i reglane i straffeprosesslova om politiet sin påtale- og ankekompetanse. Departementet foreslår no å rette opp dette. Framlegga har ikkje vore på høyring sidan ei alminneleg høyring må reknast å vere openbert unødvendig.
4.2 Påtalekompetansen til politiet i saker om lekamsfornærming
Ved lov 25. juni 2010 nr. 46 om endringer i straffeloven 1902 (skjerping av straffen for drap, annen grov vold og seksuallovbrudd), som tok til å gjelde straks, blei den øvre strafferamma for lekamsfornærming etter straffelova 1902 § 228 første ledd heva frå fengsel inntil seks månader til fengsel inntil eitt år.
Etter straffelova 1902 § 232 blir den øvre strafferamma etter straffelova 1902 § 228 første ledd auka med fengsel inntil seks månader under visse fastsette vilkår, men også under «andre særdeles skjerpende omstendigheter».
Etter straffeprosesslova § 67 andre ledd bokstav b har politiet påtalekompetanse for brotsverk som ikkje kan føre til fengsel i meir enn eitt år. Ved tolkinga av reglane om påtalekompetanse er det den auka strafferamma som skal leggjast til grunn der strafferamma blir auka under «særdeles skjerpende omstendigheter i sin alminnelighet», jf. Ot.prp. nr. 98 (2002-2003 om lov om endringer i straffeprosessloven (utvidelse av politijuristenes påtalekompetanse mv.) side 48 og Rt. 2007 side 382.
Når det gjeld reglane om påtalekompetanse for lekamsfornærming etter straffelova 1902 § 228 første ledd må derfor den auka strafferamma etter straffelova 1902 § 232 leggjast til grunn.
Før lovendringa i 2010 måtte det såleis ved tolking av reglane om påtalekompetanse for lekamsfornærming etter straffelova 1902 § 228 første ledd leggjast til grunn ei øvre strafferamme på fengsel inntil eitt år, jf. § 232.
Etter straffskjerpinga ved lov 25. juni 2010 nr. 46 må det i samband med påtalekompetanse leggjast til grunn ei øvre strafferamme på fengsel inntil eitt år og seks månader for lekamsfornærming etter straffelova 1902 § 228 første ledd sett i samanheng med § 232.
Før lovendringa i 2010 var saker om straffelova 1902 § 228 første ledd omfatta av straffeprosesslova § 67 anna ledd bokstav b som brotsverk som etter lova ikkje kan føre til straff av fengsel i meir enn eitt år.
Etter lovendringa er den generelle strafferamma etter straffelova 1902 § 228 første ledd fengsel i meir enn eitt år. Føresegna er heller ikkje omfatta av opprekninga i straffeprosesslova § 67 andre ledd bokstav c.
Forholdet til straffeprosesslova § 67 andre ledd og påtalekompetansen til politiet blei ikkje kommentert i forarbeida til lovendringa i 2010, men etter departementet si oppfatning har det openbart ikkje vore meininga å gjere endringar i politiet sin påtalekompetanse på dette punktet. Departementet viser mellom anna til at politiet har påtalekompetanse for meir alvorlege valdslovbrot, jf. straffeprosesslova § 67 andre ledd bokstav c som viser til straffelova 1902 § 228 andre ledd første straffalternativ jf. § 232 og § 229 første straffalternativ jf. § 232. Departementet legg difor til grunn at dette er ein reint teknisk inkurie som ikkje har verknad for politiet sin reelle kompetanse, noko som og er lagt til grunn i praksis.
For å føre vidare politiet sin påtalekompetanse for lekamsfornærming etter straffelova 1902 § 228 første ledd, foreslår departementet å føye til § 228 første ledd, jf. § 232 i opprekninga i straffeprosesslova § 67 tredje ledd bokstav c. Etter framlegget vil det gå klarere fram av lova at politiet har påtalekompetanse i saker om brot på straffelova 1902 § 228 første ledd båe med og utan den auka strafferamma etter straffelova 1902 § 232.
Etter straffeprosesslova § 67 tredje ledd tredje punktum kan alle tenestemenn innan påtalemakta i politiet skrive ut førelegg for saker som er omfatta av straffeprosesslova § 67 andre ledd bokstav b. Ettersom det ikkje var meininga å gjere endringar i påtalekompetansen til politiet i saker om lekamsfornærming etter straffelova 1902 § 228 første ledd, jf. § 232, foreslår departementet eit tillegg i straffeprosesslova § 67 tredje ledd tredje punktum som tydeliggjer at alle tenestemenn innan påtalemakta i politiet også kan skrive ut førelegg i saker om brot på straffelova § 228 første ledd båe med og utan den auka strafferamma i § 232.
4.3 Ankekompetanse for politiet i saker om lekamsfornærming
Straffeprosesslova § 68 regulerer kompetansen til å anke over dom. Hovudregelen etter straffeprosesslova § 68 første ledd er at den myndigheita som har teke avgjerda om påtale, skal gjere vedtak om anke over dom. Etter straffeprosesslova § 68 andre ledd bokstav b er det likevel statsadvokaten som skal gjere vedtak om anke i saker der politiet har teke ut tiltale etter § 67 andre ledd bokstav c eller d, og i så fall også for forhold i saka der politiet har teke ut tiltale etter § 67 andre ledd bokstav a eller b. Politiet kan likevel vedta dommen.
Når politiet sin påtalekompetanse for lekamsfornærming etter straffelova 1902 § 228 første ledd no blir foreslått regulert av straffeprosesslova § 67 andre ledd bokstav c, er det behov for å vurdere om det er politiet eller statsadvokaten som skal gjere vedtak om anke i desse sakene, jf. straffeprosesslova § 68 første og andre ledd. Departementet ser det slik at det ved lovendringa i 2010 ikkje var meininga å gjere endringar i politiet sin kompetanse til å avgjere spørsmålet om tiltale eller gjere andre avgjerder om påtale, inklusive vedtak om anke. Departementet foreslår derfor å endre annet ledd første punktum i straffeprosesslova § 68 andre ledd bokstav b slik at det går klart frem at det er politiet – som i dag – som gjer vedtak om anke i saker om brot på straffelova § 228 første ledd jf. § 232.
4.4 Politiet sin påtalekompetanse i saker om heleri
Etter straffeprosesslova § 67 andre ledd bokstav c har politiet påtalekompetanse i saker om brot på straffelova § 317 første, tredje og femte ledd.
Opphavleg viste denne tilvisinga til simpelt, grovt og aktlaust heleri.
Ved lov 30. juni 2006 nr. 49 om endringer i straffeloven 1902 og utleveringsloven (gjennomføring av FN-konvensjonen mot korrupsjon) blei det føydd til eit nytt andre ledd om kvitvasking av utbytte av eiga straffbar handling i føresegna om heleri (Statsadvokaten har påtalekompetanse for andre ledd). Det som tidlegare var andre ledd, blei da tredje ledd mens tidlegare tredje til sjette ledd blei fjerde til sjuande ledd.
Det blei ikkje gjort korresponderande endringar i tilvisingane til føresegna om heleri i straffeprosesslova § 67 andre ledd bokstav c. Tilvisingane til straffelova 1902 § 317 tredje og femte ledd er difor no feil.
Departementet legg til grunn at dette er ein reint teknisk inkurie som ikkje har verknad for politiet sin reelle kompetanse, noko som og er lagt til grunn i praksis.
For å føre vidare politiet sin påtalekompetanse i saker om simpelt, grovt og aktlaust heleri, foreslår departementet å rette tilvisingane i straffeprosesslova § 67 andre ledd bokstav c til straffelova § 317 første, fjerde og sjette ledd.
4.5 Nokre andre justeringar
Straffeprosesslova § 67 andre ledd bokstav c viser til straffelova § 286, jf. § 288. Sistnemnte føresegn blei oppheva ved lov 25. juni 2004 nr. 50 som tek til å gjelde 1. oktober 2004.
Departementet foreslår difor å oppheve tilvisinga i straffeprosesslova § 67 andre ledd bokstav c til straffelova 1902 § 288.