1 Innleiing
EØS-komiteen vedtok 1. april 2011 (vedtak nr. 17/2011) å endre vedlegg XIII (transport) til EØS-avtalen slik at europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 392/2009 av 23. april 2009 om erstatningsansvar for transportørar ved ulykker under sjøtransport av passasjerar («Aten-forordninga») vert innlemma i EØS-avtalen.
Ettersom gjennomføringa av forordninga i norsk rett gjer det naudsynt med lovvedtak, jf. Grunnloven § 26 andre ledd, vart vedtaket i EØS-komiteen gjort med atterhald om samtykke frå Stortinget. Gjennom denne proposisjonen vert Stortinget invitert til å gje sitt samtykke til godkjenning av vedtaket i EØS-komiteen.
Vedtaket frå EØS-komiteen og europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 392/2009 i uoffisiell norsk omsetjing følgjer som trykte vedlegg til proposisjonen.