5 Administrative og økonomiske konsekvensar
For reiarnæringa vil premiekostnadene truleg auke som ei følje av reglane i Aten-konvensjonen 2002 om obligatorisk forsikring opp til 250 0000 SDR per passasjer per hending. Auka forsikringskostnader for næringa vil igjen kunne føre til auka billettprisar for passasjerane.
For forsikringsgivarane vil premieinntektene auke tilsvarande beløpet som premiekostnadene vil auke for reiarane. Samstundes kan det òg tenkjast at skadeutbetalingane vil auke. Kor stor denne auken blir, vil avhenge av kva slags og kor mange sjøulykker som skjer.
For norske styresmakter vil gjennomføringa av Aten-konvensjonen 2002 og Aten-forordninga føre til at Noreg pliktar å innføre kontroll av at passasjerskip har gyldig forsikringssertifikat. Dette vil føre til ein viss auke av den kontrollen skipsfartsstyresmaktene gjer av skipssertifikat. Norske styresmakter (Sjøfartsdirektoratet) vil dessutan måtte gi ut sertifikat for norske passasjerskip. Gjennomføringa av forordninga i Noreg har ikkje nemnande økonomiske eller administrative konsekvensar for det offentlege.