1 Innleiing
Samferdselsdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om utbygging og finansiering av E6 på strekninga Møllnes – Kvenvik – Hjemmeluft i Alta kommune. Prosjektet inngår i utbygginga av E6 vest for Alta, og er mellom anna omtalt i St.meld. nr. 16 (2008-2009) Nasjonal transportplan 2010-2019, side 263, og i Prop. 1 S (2010-2011), side 111-112.
Gjennom Stortinget si behandling av Prop. 1 S (2009-2010) er det løyvd 50 mill. kr til prosjektet for 2010. I Prop. 1 S (2010-2011) er det løyvd 100 mill. kr for 2011. Prioriteringa av statlege midlar i 2010 og 2011 er under føresetnad av tilslutning til eit opplegg for delvis bompengefinansiering av prosjektet. Alta kommune og Finnmark fylkeskommune har slutta seg til eit slikt opplegg.
Det er rekna med anleggsstart på prosjektet tidleg i 2011, med trafikkopning i 2013.