5 Finansieringsopplegg
Prosjektet skal finansierast med statlege midlar og bompengar. Av investeringskostnadene på 635 mill. kr vil statlege midlar utgjere 475 mill. kr og bompengar 160 mill. kr.
5.1 Statlege midlar
I St.meld. nr. 16 (2008-2009) Nasjonal transportplan 2010-1019 er det lagt til grunn at statlege midlar til utbygginga av E6 vest for Alta skal løyvast over ein eigen post, post 37, mellom anna for å bidra til meir rasjonell framdrift av prosjektet.
Det er lagt til grunn til saman 475 mill. kr i statlege løvingar til prosjektet Møllnes – Kvenvik – Hjemmeluft over post 37. Gjennom behandlinga av Prop. 1 S (2009-2010) blei det løyvd 50 mill. kr til prosjektet i 2010, og gjennom behandlinga av Prop. 1 S (2010-2011) er det vedteke ei løyving på 100 mill. kr for 2011. Prioriteringa av statlege midlar i 2010 og 2011 er under føresetnad av tilslutning til eit opplegg for delvis bompengefinansiering.
5.2 Bompengar
Det er lagt opp til ein bompengeperiode på 15 år med etterskottsinnkrevjing og innkrevjing i begge køyreretningar, gjennom automatisk bomstasjon. Innkrevjinga startar i 2013. Bompengetakstane vil vera på 29 kr for lette køyretøy (totalvekt til og med 3 500 kg) og 87 kr for tunge køyretøy (totalvekt over 3 500 kg). Takstane er i 2010-prisnivå. Bompengetakstane er føresett justerte i samsvar med prisutviklinga. Samferdselsdepartementet har nedsett ei arbeidsgruppe som skal sjå på personvernutfordringane i heilautomatiske bomstasjonar, og moglegheita for å utvikla ei anonym betalingsløysing som eit supplement til dagens AutoPass-løysing. Arbeidet pågår.
Det er lagt til grunn ei ordning med "passeringstak" som inneber at trafikantar med Autopassbrikke ikkje skal betala for meir enn 60 passeringar i løpet av ein kalendermånad. Vidare er det lagt til grunn ein rabatt på 20 pst. ved kjøp av brikke og forskottsbetaling. Det er føresett 10 pst. rabatt for alle passeringar med brikke utan avtale om forskottsbetaling. Det er føresett fritak for betaling i samsvar med gjeldande retningsliner.
Med det føreslåtte innkrevjingsopplegget og dei føresetnadene som ligg til grunn i denne proposisjonen, vil trafikantane betala om lag 310 mill. kr i bompengar over ein innkrevjingsperiode på 15 år. Av dei innbetalte bompengane vil 160 mill. kr gå til utbygging av veg inkl. etablering av bomstasjon, 105 mill. kr til å dekka finansieringskostnader og 45 mill. kr til innkrevjing og drift av bompengeselskapet.
Plassering av bomstasjon har vore grundig diskutert, og det er gjort fleire utredningar med ulike plasseringar. I tråd med dei lokalpolitiske vedtaka er det lagt til grunn ein automatisk bomstasjon ved Saltviknes. Ei slik bomstasjonsplassering vil fanga opp storparten av den trafikken som nyttar ny veg. For å sikra at innbyggarane ved Saltviknes ikkje får urimeleg høge kostnader, er det føresett eit tak på 60 passeringar per kalendermånad. Passeringstaket vil vera til størst nytte for innbyggarane ved Saltviknes, da dei bur nærast Alta og vil køyra mest gjennom bomstasjonen inn mot Alta.
Viss ein legg til grunn at det skal vera best mogeleg samanheng mellom betaling og nytte, hadde eit alternativ med differensierte takstar og to bomstasjonar vore det beste alternativet. Med eit slikt alternativ ville innkrevjingskostnadane blitt svært høge.
Kvalitetssikrar har vurdert ein bomstasjonsplassering på Møllnes som eit betre alternativ enn ein stasjon på Saltviknes. Eit alternativ med bomstasjon på Møllnes vil gi høgare takstar for trafikantane fordi trafikkgrunnlaget ikkje er like stort som på Saltviknes. Vidare vil ein slik bomstasjonsplassering ikkje fanga opp alle trafikantar som nyttar den nye vegen mellom Møllnes og Saltviknes.
Planlagt bompengeuttak i 2011 er 120 mill. kr.
5.3 Eventuelle endringar i kostnadar og/ eller inntening
Eventuell kostnadsauke skal dekkast i samsvar med gjeldande retningsliner for bompengeprosjekt. Eventuell kostnadsauke opp til kostnadsramma skal finansierast med statlege midlar og bompengar etter same prosentvise fordeling som innafor styringsramma. Overskridingar ut over kostnadsramma er staten sitt ansvar og må følgjeleg finansierast med statlege midlar.
Eventuelle kostnadsreduksjonar på inntil 10 pst. tilkjem staten og bompengeselskapet etter same prosentvise fordeling som innafor styringsramma. Kostnadsreduksjonar utover 10 pst. tilkjem staten.
Auka inntening eller lågare kostnader for bompengeselskapet enn opphavleg rekna med skal nyttast til å redusera innkrevjingstida. Dersom økonomien i prosjektet blir dårlegare enn føresett, vil bompengeselskapet etter avtale med Statens vegvesen Vegdirektoratet kunne auka takstane med inntil 20 pst. utover ordinær prisstigning og forlenga bompengeperioden med inntil 5 år. Samferdselsdepartementet er kjent med at dette låg til grunn for Alta kommune sitt vedtak om bompengefinansiering.
5.4 Andre føresetnader for finansieringsplanen
Med ein bomstasjon på Saltviknes, takster på 29 kr for lette køyretaøy, og 87 kr for tunge køyretøy, og eit ”passeringstak” på 60 passeringar pr. kalendermånad, er trafikkavvisninga rekna til 18 pst. Etter dette er det lagt til grunn ein årsdøgntrafikk (ÅDT) på omlag 1 750 køyretøy etter trafikkopninga. I innkrevjingsperioden er det rekna med ein årleg trafikkvekst på 0,5 pst.
Følgjande føresetnader er lagt til grunn i finansieringsanalysen:
Årleg prisstigning på 2,5 pst.
Lånerente på 6,5 pst.
Innskottsrente på 2 pst.
Årlege innkrevjingskostnader på 3 mill. kr.
Kostnad til etablering av bomstasjon på 4 mill. kr.
Med desse føresetnadene er innkrevjingsperioden rekna til om lag 15 år.
Lånerenta på 6,5 pst. føreset at det før bompengeavtalen blir underskriven, ligg føre dokumentasjon frå ein låneinstitusjon om lån innafor denne renta i 10-15 år.
Det er også rekna på eit alternativ med følgjande pessimistiske føresetnader:
Kostnadsauke opp til kostnadsramma.
Trafikken blir redusert med 10 pst. i opningsåret.
Halvering av trafikkveksten.
Innkrevjingskostnadene aukar med 50 pst.
Takstauke på 20 pst. utover prisstigning etter to år.
Med desse føresetnadene er innkrevjingsperioden rekna til om lag 18 år.
5.5 Garantiar
Som det går fram av kap. 4, har Alta kommune og Finnmark fylkeskommune fatta vedtak om å garantera for ei lånegjeld på inntil 196 mill. kr. Garantitida er sett til inntil 19 år. Fylkestinget har lagt til grunn at garantiansvaret kan endrast ved eventuelle nye statlege retningsliner. Den kommunale garantien skal godkjennast av fylkesmannen, og den fylkeskommunale garantien skal godkjennast av Kommunal- og regionaldepartementet.
Garantiane vil først koma til utbetaling dersom lånet til bompengeselskapet ikkje kan nedbetalast etter at takstane er auka med 20 pst. utover ordinær prisstigning og bompengeperioden er forlenga med 5 år.