1 Innleiing
Arbeidsdepartementet legg med dette fram forslag til endringar i:
Lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd (folketrygdloven)
Lov 6. mai 1988 nr. 22 om lønnsplikt under permittering
Lov 17. juni 2005 nr. 62 om arbeidsmiljø, arbeidstid og stillingsvern mv. (arbeidsmiljøloven)
Lov 16. juni 2006 nr. 20 om arbeids- og velferdsforvaltningen (arbeids- og velferdsforvaltningsloven)
Som følgje av at reglane om førebels uførepensjon blir oppheva, er det nødvendig å gjere endringar i følgjande lover:
Lov 13. desember 1946 nr. 21 om krigspensjonering for militærpersoner
Lov 13. desember 1946 nr. 22 om krigspensjonering for hjemmestyrkepersonell og sivilpersoner
Lov 3. desember 1948 nr. 7 om pensjonstrygd for sjømenn
Lov 28. juni 1957 nr. 12 om pensjonstrygd for fiskere
Lov 6. juli 1957 nr. 26 om samordning av pensjons- og trygdeytelser
Lov 12. desember 1958 nr. 10 om yrkesskadetrygd
Lov 26. mars 1999 nr. 14 om skatt av formue og inntekt (skatteloven)
Lov 19. februar 2010 nr. 5 om statstilskott til arbeidstakere som tar ut avtalefestet pensjon i privat sektor (AFP-tilskottsloven)
Lov 25. juni 2010 nr. 28 om avtalefestet pensjon for medlemmer av Statens pensjonskasse
I proposisjonen blir desse endringane foreslåtte på bakgrunn av budsjettforslag for 2012:
skjerping av aktivitetskravet for einsleg mor eller far som får overgangsstønad frå folketrygda, slik at aktivitetskravet skal gjelda frå det yngste barnet fyller eitt år (punkt 2).
arbeidsgivarar sin lønnspliktperiode under permittering blir auka frå 5 til 10 dagar for permitterte som har fått redusert arbeidstida si med minst 40 prosent (punkt 3).
ny føresegn i arbeidsmiljølova som gir heimel til å gi forskrift om offentleg godkjenningsordning i reinhaldsbransjen (punkt 4).
Det blir vidare foreslått:
at Kongen i forskrift kan fastsetje verknadstidspunktet for endringa i kravet til minsteinntekt for rett til dagpengar under arbeidsløyse som følgje av endringar i grunnbeløpet (punkt 5).
at reglane om rett til sjukepengar for personar som er for unge til å ha pensjonsgivande inntekt blir oppheva som følgje av at nedre aldersgrense for pensjonsgivande inntekt blei senka frå 17 til 13 år frå 2010 (punkt 6).
at regelen om førebels uførepensjon etter folketrygdlova § 12-16 blir oppheva som følgje av at regelen er overflødig ettersom ein kan få rett til arbeidsavklaringspengar i ventetid på uførepensjon etter folketrygdlova § 11-13 andre ledd bokstav c (punkt 7.7).
Det blir i tillegg foreslått enkelte lovtekniske justeringar, presiseringar og opprettingar i folketrygdlova og arbeids- og velferdsforvaltningslova (punkt 7).