3 Auking av arbeidsgivarperioden frå 5 til 10 dagar ved minst 40 prosent permittering – lov om lønnsplikt under permittering § 3 –
3.1 Innleiing og bakgrunn
Departementet foreslår å auke arbeidsgivarar sin lønnspliktperiode under permittering frå 5 til 10 dagar for permitterte som har fått redusert arbeidstida si med minst 40 prosent.
Under ei permittering blir arbeidstakaren førebels løyst frå arbeidsplikta samtidig som arbeidsgivaren blir løyst frå lønnsplikta. Arbeidsavtala er likevel oppretthaldt i permitteringstida. Den permitterte har rett og plikt til å ta opp att arbeidet når permitteringstida er over. I periodar med førebels innskrenkingar i drifta kan det for begge parter vere ei hensiktsmessig løysning at arbeidstakarane blir permitterte i staden for å bli oppsagte. Vilkåra for å permittere er ikkje regulerte i lov, men er i mange tilfelle avtalefesta mellom partane i arbeidslivet. Tariffavtalene regulerer som regel også varsling og gjennomføring av permitteringa. Staten har ved folketrygdlova kapittel 4 om dagpengar under arbeidsløyse og lov om lønnsplikt under permittering (permitteringslønnslova) teke ansvar for ein del av dei økonomiske konsekvensane av permittering.
I den første tida av permitteringa har arbeidsgivaren framleis plikt til å betale lønn til dei permitterte. Lønnsplikta er arbeidsgivarens del av kostnadene i samband med permitteringar. Arbeidsgivars lønnspliktperiode, også kalla arbeidsgivarperioden, er regulert i permitteringslønnslova § 3 nr. 1 første ledd a og b. Arbeidsgivarperioden har sidan 1. april 2009 vore sett til 5 dagar ved minst 40 prosent arbeidstidsreduksjon, og 15 dagar ved mindre enn 40 prosent arbeidstidsreduksjon. Etter arbeidsgivarperioden kan dei permitterte ha rett til dagpengar dersom vilkåra for dette elles er oppfylte. Etter permitteringsperioden trer lønnsplikt til arbeidsgivaren inn att.
3.2 Departementet si vurdering og forslag
Permitteringsregelverket har som konsekvens at staten overtek deler av verksemdene sine lønnsplikt ved å utbetale dagpengar for ein periode. Regelverket har vore gjenstand for hyppige endringar mellom anna som følgje av endringar i konjunkturane. Dagpengeordninga sikrar dei som mister arbeidsinntekta som følgje av arbeidsløyse, eit rimeleg inntektsnivå. For å gjere det lettare for arbeidsgivarar å halde på kvalifisert arbeidskraft i ein periode med låg aktivitet og nedgangskonjunktur, blei dagpenge- og permitteringsregelverket utvida på fleire områder i løpet av 1. halvår 2009. Endringane i 2009 blei vedtekne som følgje av den sterke aukinga i talet på permitterte fram mot sommaren 2009 og utsiktene til aukande arbeidsløyse. Etter sommaren 2009 minka veksten i talet på permitterte att, og sidan april 2010 og fram til no har det vore ein nedgang i talet på permitterte. Ved utgangen av september 2011 var det registrert om lag 5 570 permitterte. Dette er ein nedgang på meir enn 34 prosent samanlikna med same månad i 2010. Situasjonen i dei næringane som har hatt flest permitterte, bygg og anlegg og industri, har betra seg sidan 2010. Sysselsetjinga har teke seg opp og arbeidsløysa har blitt redusert. På denne bakgrunnen er det ikkje naudsynt å vidareføre dei særskilt gunstige ordningane i samband med permitteringar. Dei endringane som blei sette i verk i samband med finanskrisa i 2009, kan derfor opphevast med verknad frå og med 1. januar 2012. Endringa skal gjelde for nye permitteringar.
Departementet viser til § 3 nr. 1 første ledd bokstav a i lovforslaget.
Departementet vil samtidig gjere forskriftsendringar om at lønnsplikta til arbeidsgivarar trer inn att etter 30 veker med permittering og om at retten til dagpengar under permittering blir redusert frå 52 til 30 veker. Vidare vil kravet til tap av arbeidstid for rett til dagpengar under permittering bli sett til 50 prosent, som er hovudregelen etter folketrygdlova § 4-3. Endringane i forskrifta skal også gjelde for nye permitteringar.
3.3 Iverksetjing. Økonomiske og administrative konsekvensar
Departementet foreslår at endringa trer i kraft 1. januar 2012. Det er lagt til grunn at endringa i talet på dagar med lønnsplikt for arbeidsgivarar vil føre til ei innsparing på dagpengebudsjettet på om lag 50 millionar kroner i 2012. Dei økonomiske konsekvensane er innarbeida i Prop. 1 S (2011–2012) Statsbudsjettet. Endringa vil ikkje ha nemneverdige administrative konsekvensar.