2 Høyringa
Den 6. juni 2011 sende departementet framlegget til lov om bustøtte på høyring. Fristen for å kome med merknader blei sett til 1. september 2011. Desse instansane fekk framlegget til høyring:
Arbeidsdepartementet
Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet
Finansdepartementet
Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet
Helse- og omsorgsdepartementet
Justis- og beredskapsdepartementet
Kunnskapsdepartementet
Arbeids- og velferdsdirektoratet
Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet
Datatilsynet
Forbrukarrådet
Husbanken
Husleigetvistutvalet
Klagenemnda til Husbanken
Nav
Regjeringsadvokaten
Riksrevisjonen
Statens innkrevjingssentral
Statens lånekasse for utdanning
Statens Seniorråd
Stortingets ombodsmann for forvaltninga
Alstadhaug kommune
Arendal kommune
Asker kommune
Bergen kommune
Bærum kommune
Drammen kommune
Eidsberg kommune
Eidsvoll kommune
Elverum kommune
Frogn kommune
Førde kommune
Kristiansund kommune
Lørenskog kommune
Malvik kommune
Målselv kommune
Nesodden kommune
Oppegård kommune
Oslo kommune
Sandnes kommune
Skedsmo kommune
Sola kommune
Stavanger kommune
Steinkjer kommune
Sykkylven kommune
Tromsø kommune
Trondheim kommune
Vennesla kommune
Øyer kommune
KS
Kommunale Boligadministrasjoners Landsråd
Den Norske Advokatforening
Ensliges landsforbund
Fattighuset
Finansnæringens Fellesorganisasjon
Funksjonshemmedes fellesforbund
Huseiernes landsforbund
Juss-Buss
Kirkens bymisjon
Leieboerforeningen
Norske Boligbyggelags Landsforbund (NBBL)
Norges Huseierforbund
Pensjonistforbundet
Sparebankforeningen
Unge funksjonshemmede
Følgjande instansar har uttalt at dei ikkje har realitetsmerknader:
Arbeidsdepartementet
Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet
Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet
Finansnæringens Fellesorganissjon
Norske Boligbyggelags Landsforbund (NBBL)
Følgjande instansar har realitetsmerknader:
Kunnskapsdepartementet
Justis- og beredskapsdepartementet
Datatilsynet
Husbanken
Husleigetvistutvalet
Nav
Statens innkrevjingssentral
Bergen kommune
Bærum kommune
Drammen kommune
Trondheim kommune
Unge funksjonshemmede
Norges Huseierforbund
Statens Seniorråd
I tillegg har departementet fått inn merknader frå:
Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDI)
Klepp kommune
Skaun kommune
Høyringsframlegget har i det vesentlege blitt godt motteke av dei høyringsinstansane som har uttalt seg. Framlegget om å samle regelverket i ei eiga lov og ei forskrift blir sett på som positivt. Det blir peika på at ein gjer regelverket meir brukarvenleg og tilgjengeleg på det viset. Framlegget om å skipe ei uavhengig klagenemnd for bustøttesaker er òg godt motteke. Det blir sett på som ei klar forbetring og ei styrking av rettstryggleiken til dei som søkjer om bustøtte.
Merknadene til dei konkrete problemstillingane er omtalte under dei respektive kapitla i proposisjonen.
Det er òg kome innspel til vidareutvikling av bustøtteordninga. Desse innspela påverkar ikkje utforminga av lova og blir difor ikkje omtalt i denne proposisjonen. Mange av innspela vil ha innverknad på budsjettet og må greiast ut nærare før dei eventuelt kan leggjast fram for Stortinget på eigna vis.