3 Om bustøtteordninga
Den statlege bustøtta er ei økonomisk stønadsordning med det føremålet å sikre dei med låge inntekter og høge buutgifter ein høveleg bustad. Bustøtta skal medverke til at mottakarane kan halde på den bustaden dei har, eller etablere seg i ein ny bustad. Ho skal òg støtte dei som vil skaffe seg ein bustad dei sjølve eig.
Bustøtta er det viktigaste bustadsosiale verkemiddelet. I 2009 blei bustøtta vesentleg utvida og forenkla med bakgrunn i St.prp. nr. 11 (2008–2009) Ei styrkt bustøtte, Innst. S. nr. 160 (2008–2009) og stortingsvedtak nr. 260 av 17. mars 2009. Ordninga blei styrkt både gjennom auka ytingar til eksisterande mottakarar og ved at ho blei utvida til nye grupper. Ho er eit sentralt verkemiddel i arbeidet til regjeringa med å motverke fattigdom og redusere talet på bustadlause.
Bustøtte er ei yting ein søkjar har krav på dersom han og dei andre i husstanden fyller vilkåra i og i medhald av lova. Alle som er registrerte i folkeregisteret og lovleg busette i Noreg, har rett til bustøtte. Bustøtta blir fastsett og løyvd på grunnlag av opplysningar om søkjaren og dei andre som bur i husstanden. Med visse unntak kan alle over 18 år få bustøtte. Søkjaren må vere ansvarleg for buutgiftene til husstanden og sjølv bu i bustaden. Bustaden må vere godkjend som bustad. Det skal vere ein sjølvstendig bustad med eigen inngang og eige bad og toalett, og det skal vere høve til å kvile og lage mat i bustaden. Er krava til personen og bustaden oppfylte, er det forholdet mellom buutgiftene og inntektene som avgjer om det blir løyvd bustøtte, og kor mykje støtte som blir ytt.
Det er Husbanken og kommunane som forvaltar ordninga. Kommunane er førstelina i sakshandsaminga og har kontakt med den enkelte søkjaren. Handsaminga av bustøttesaker skjer maskinelt. Det er Husbanken som gjer enkeltvedtak om bustøtte. Klager på vedtak om bustøtte blir avgjorde ved at Husbanken handsamar saka på nytt.
Midlar til bustøtte blir kvart år løyvde over statsbudsjettet. For 2012 er det løyvd 3 250 mill. kroner til ordninga. Det er lagt til grunn for budsjettet at i gjennomsnitt 128 000 husstandar kjem til å få bustøtte kvar månad, og at kvar husstand i gjennomsnitt vil få utbetalt 25 200 kroner i bustøtte i 2012.