4 Rettsleg regulering av bustøtte
4.1 Gjeldande rett
Føresegnene om bustøtte er i dag spreidde på lov 29. mai 2009 nr. 30 om Husbanken, retningsliner vedtekne av Stortinget 17. mars 2009 og ulike forskrifter.
Husbanklova gjev det rettslege grunnlaget for bustøtta. Oppgåvene til Husbanken er fastsette i husbanklova § 1, der det mellom anna går fram at Husbanken skal forvalte bustøtte og låne- og tilskotsordningar og medverke til å utvikle og formidle kunnskap om mål, metodar og resultat innanfor sitt område.
Vidare fastset § 10 at Stortinget kan fastsetje retningsliner for bustøtta ved vedtak i plenum. Paragrafen inneheld i tillegg reglar om finansiering og organisering av ordninga og dessutan ein heimel for å gje forskrifter om å påleggje huseigarar og andre å medverke ved handsaming og kontroll av søknader og utbetaling av bustøtte. Paragraf 11 gjev kommunane rett til å avtale transport i bustøtte. Til sist gjev § 12 heimel for departementet til å fastsetje ei forskrift om at personopplysningar i bustøtteregisteret kan bli nytta av andre offentlege styresmakter.
Med heimel i husbanklova § 10 har Stortinget gjeve retningsliner om bustøtte, no sist 17. mars 2009. Retningslinene gjev føremålet med ordninga, vilkåra for tildeling og dei overordna prinsippa for utrekning av bustøtte, finansiering og administrering av bustøtta. Desse retningslinene er i dag tekne inn i den gjeldande forskrifta om bustøtte.
Vidare er det med heimel i husbanklova og vedtaket i Stortinget 17. mars 2009 fastsett ei forskrift 19. juni 2009 nr. 699 om bustøtte. I tillegg til dei overordna føresegnene i retningslinene frå Stortinget finn ein her òg føresegner om satsar, utrekning og fastsetjing av inntekt og dessutan reglar for sakshandsaming, utbetaling o.a.
Stortinget går igjennom bustøtteordninga ved handsaminga av det årlege statsbudsjettet, og løyver midlar. Her blir eventuelle endringar i vilkåra for tildeling vedtekne. Dei blir etterpå følgde opp med endringar i forskrifta om bustøtte.
I tillegg til denne forskrifta finst det tre andre forskrifter som inneheld særskilde reglar for bustøtta:
Forskrift 22. februar 1974 nr. 3822 om unntak fra klageregler i forvaltningsloven i saker om bostøtte gjev Husbanken fullmakt til å overprøve klager på vedtak om bustøtte.
Forskrift 15. august 1985 nr. 1681 om adgang til opplysninger fra bostøtteregistre og bostøttesøknader gjev Husbanken og kommunane høve til å gje opplysningar frå bustøtteregisteret til andre offentlege styremakter.
Forskrift 23. juli 1976 nr. 3829 om husbanklovens anvendelse på Svalbard fastset at reglane for bustøtte ikkje skal gjelde på Svalbard.
4.2 Høyringsframlegget frå departementet
Departementet gjorde i høyringsutkastet framlegg om å samle regelverket og skipe ei eiga lov om bustøtte. Lova skal innehalde dei føresegnene om bustøtte som i dag står i husbanklova. Samtidig blir det føreslått at ordninga med at Stortinget gjev retningsliner ved vedtak i plenum, blir avvikla, og at retningslinene i staden blir tekne inn i lova. Dei ulike forskriftene blir slått saman til ei forskrift.
4.3 Merknader frå høyringsinstansane
Framlegget om å samle regelverket i ei eiga lov om bustøtte har blitt godt motteke av dei høyringsinstansane som har uttalt seg om det. Bærum kommune og Integrerings- og mangfaldsdirektoratet peikar mellom anna på at det kjem til å gjere regelverket meir brukarvenleg og tilgjengeleg. Bergen kommune meiner forenklinga og systematiseringa blir ein føremon både for kommunane, som framleis har ansvaret for sakshandsaminga av ordninga, dei aktuelle husstandane og Husbanken.
4.4 Vurderingane til departementet
Departementet gjer framlegg om å samle og forenkle regelverket i tråd med høyringsframlegget. Det vil gjere regelverket meir brukarvenleg og tilgjengeleg for publikum og rettsbrukarar.
Departementet meiner det er behov for å skipe ei eiga lov om bustøtte. Husbanklova gjeld i hovudsak styringa og reguleringa av Husbanken, og regulering av bustøtta har ikkje nokon naturleg plass her. Ei deling kjem til å gje ein meir systematisk oppbygnad av begge lovene. Ei eiga lov om bustøtte gjer dessutan bustøtta meir synleg og framhevar ordninga som eit viktig bustadsosialt verkemiddel.
Det er ikkje vanleg i dag at Stortinget regulerer stønadsordningar ved vedtak i plenum. Som regel blir det gjort ved at Stortinget vedtek lover og så overlèt til regjeringa å fastsetje nærare retningsliner. Sjølv om ein ikkje treng heimel i lov for å fastsetje reglar som berre skal gje brukarane materielle gode, og ikkje påleggje dei plikter, meiner departementet at ein del av regelverket har eit innhald som tilseier at Stortinget skal vedta desse føresegnene. Det gjeld hovudprinsippa for ordninga, som skal liggje fast over fleire år. Departementet tilrår at føresegnene om føremål, verkeområde, kven som kan få bustøtte, krava til bustaden og utrekninga, administreringa og finansieringa av bustøtta blir regulerte i lova.
Departementet gjer framlegg om at dei meir detaljerte føresegnene, der det kan ventast hyppigare endringar, blir fastsette i forskrift. Det vil gje regjeringa større handlefridom og fleksibilitet når det gjeld å utvikle bustøtta. Endringar i forskrifta som treng løyvingar over statsbudsjettet, kjem i alle høve til å bli lagde fram for Stortinget i budsjettprosessen før dei blir endeleg fastsette. Det gjeld til dømes endringar i satsar for buutgifter og inntekter.