1 Hovudinnhaldet i forslaget
Samferdselsdepartementet gjer i denne proposisjonen framlegg om endring av veglov 21. juni 1963 nr. 23 (veglova) § 27 i eit nytt andre ledd om mellombelse tidsdifferensierte satsar av bompengar.
Lovføresegna opnar for byområde med bompengeinnkrevjing kan bli gitt moglegheit til å ta i bruk auka mellombelse bompengetakstar i avgrensa periodar med høg luftforureining utan eit framlegg for Stortinget. Ordninga er eit verkemiddel som raskt kan setjast i verk for å få ned forureininga frå biltrafikken i byområda når det er naudsynt av omsyn til folk si helse.
Departementet legger vidare fram forslag til ei teknisk endring av veglova si tittel. Tittelen på veglova bryter med den normale og standardiserte titteloppbygginga som gjeld for lovverket, og departementet foreslår endring av tittelen etter same oppbygging som i lovverket elles.
Samferdselsdepartementet legg òg fram forslag til lovtekniske korrigeringar i lov 18. juni 1965 nr. 4 om vegtrafikk (vegtrafikkloven) §§ 22 a, 36 og 36 b.