3 Lovtekniske endringar
3.1 Endring av tittel for veglova
Tittelen på lover skal etter Veiledning om lov- og forksriftsarbeid, utarbeidd av Justisdepartementet si lovavdeling, alltid vera innleia med «lov om», eventuelt kombinert med lova si offisielle korttittel. Veglova si formelle tittel (veglov 21. juni 1963 nr. 23) bryt med denne systematikken.
Departementet meiner lovtekniske omsyn tilseier at veglova si tittel blir underlagt den same titteloppbygginga som gjeld for lovverket elles, og foreslår derfor å endra tittelen til «lov 21. juni 1963 nr. 23 om vegar (veglova)». Departementet har ikkje sett behov for å senda forslaget på offentleg høyring, da tittelendringa utelukkande er av formell og teknisk verdi.
3.2 Endringar i vegtrafikkloven
3.2.1 Nærare omtale av § 22 a
Vegtrafikkloven § 22 a blei endra i to endringslover: lov 5. mai 2006 nr. 13 endringer i vegtrafikkloven og jernbaneloven m.m. (avholdsplikt og promillegrense mv.) og lov 17. desember 2010 nr. 91 om endringar i lov 18. juni 1965 nr. 4 om vegtrafikk (endringar relatert til ruspåverka køyring m.m.).
Lovendringa frå 2006 blei først sett i kraft frå 1. februar 2012. Iverksetjinga førte til at dei mellomliggjande endringane i § 22 a frå 2010 fall bort. Det har ikkje vore departementet si meining å gjera denne realitetsendringa. Departementet ser det derfor som naudsynt å gjera ei lovteknisk endring av § 22 a for å få med dei mellomliggande endringane frå 2010. Lovendringa har ikkje vore på offentleg høyring da departementet meiner at dette openbart ikkje er unaudsynt.
3.2.2 Nærare omtale av §§ 36 og 36 b
Ved lov 17. desember 2010 nr. 91 om endringar i lov 18. juni 1965 nr. 4 om vegtrafikk blei det i vegtrafikkloven § 37 teke inn eit nytt andre ledd, med den følgje at opphavleg andre til sjuande ledd blei til tredje til åttande ledd. Departementet blei i etterkant merksam på at §§ 36 og 36 b, som viser til § 37 fjerde til sjuande ledd, ikkje blei endra slik at tilvisningane materielt sett vart uendra. Departementet ser det derfor som naudsynt å gjera enkelte lovtekniske korrigeringar i vegtrafikkloven.
Dei føresegnene som vert foreslått korrigerte er § 36 nr. 6 og § 36 b tredje ledd. Lovforslaget har ikkje vore på offentleg høyring da departementet meiner at dette openbart ikkje er unaudsynt.