Prop. 99 L (2011–2012)

Endringar i helseregisterlova mv. (etablering av Norsk helsearkiv m.m.)

Til innhaldsliste

6 Konsekvensar for personvernet

Vi har i fleire av kapitla i denne proposisjonen vurdert verknader for personvernet, jf. mellom anna punkt 3.3.4.3 og 3.5.5. Departementet finn likevel grunn til å seia noko meir overordna om vurderingane av dei konsekvensane lovforslaga i denne proposisjonen vil ha for personvernet.

Etableringa av Norsk helsearkiv og Helsearkivregisteret vil bidra til betre og meir einsarta forvaltning av dei eldre pasientarkiva frå spesialisthelsetenesta, dvs. den dokumentasjonen som knyter seg til tidlegare pasientar som ikkje lenger er i live. Før Norsk helsearkiv kan ta imot dokumentasjon frå spesialisthelsetenesta, må det fastsetjast nærmare føresegner i forskrift, mellom anna om korleis opplysningar skal behandlast. Desse føresegnene kan utformast på ein slik måte at dei vil bidra til å sikra omsynet til personvernet. Det blir teke sikte på å senda eit forslag til nødvendige forskriftsreguleringar på høyring seinare.

Etablering av verksemda Norsk helsearkiv vil i seg sjølv ikkje ha konsekvensar for personvernet. Når det gjeld etablering av Helsearkivregisteret, vil ikkje dette innebera at det blir registrert nye opplysningar om dei tidlegare pasientane, men berre at journalane deira blir samla og behandla på ein sikker måte i eit sentralt arkivdepot.

Etablering av Norsk helsearkiv og Helsearkivregisteret vil i all hovudsak innebera at den behandlinga av pasientdokumentdokumentasjon om døde personar som i dag skjer i spesialisthelsetenesta, i staden vil skje i Norsk helsearkiv. Forslaga i denne proposisjonen vil likevel innebera at bevaringsverdig arkivmateriale frå dei private verksemdene vil bli teke vare på i større utstrekning enn gjeldande regelverk krev. Når pasientdokumentasjonen er avlevert frå spesialisthelsetenesta til Norsk helsearkiv, vil Riksarkivaren overta ansvaret for den vidare behandlinga av dokumentasjonen, og for at denne skjer i samsvar med gjeldande reglar. Når Norsk helsearkiv blir organisert som ein del av det statlege Arkivverket og underlagt Riksarkivaren som forvaltningsmyndigheit, inneber det at institusjonen blir ein del av ein profesjonell arkivorganisasjon med lovheimla fullmakter på arkivområdet. Departementet vurderer det derfor slik at Norsk helsearkiv vil vera særs godt skikka til å forvalta den avleverte pasientdokumentasjonen etter dei reglar som til kvar tid vil gjelda.

Samla sett vil det tena omsynet til personvernet at pasientdokumentasjon som tidlegare har vore oppbevart på fleire ulike stader, blir samla på éin stad. Departementet legg vekt på at etablering av Norsk helsearkiv vil sikra at pasientdokumentasjonen blir oppbevart i trygge lokale som er godt eigna for formålet, at materialet blir forvalta på ein god og einsarta måte, og at ein dreg nytte av den profesjonalitet og den kompetanse om forsvarleg arkivbehandling som finst i Arkivverket. Departementet legg vidare vekt på at opplysningane i Helsearkivregisteret vil vera underlagde den same teieplikta som gjeld så lenge pasientdokumentasjonen finst i spesialisthelsetenesta, og at det vil gjelda strenge krav til sikker oppbevaring og behandling av pasientdokumentasjonen. Departementet meiner derfor at fordelane ved sentralisert oppbevaring og forvaltning av materialet vil vera større enn eventuelle ulemper dette måtte ha for personvernet.

Departementet ser at det kan vera utfordrande å sameina det som er eit sentralt utgangspunkt i personvernretten, at opplysningar skal slettast når dei ikkje lenger er nødvendige for å oppfylla formåla dei vart samla inn for, og det tilsvarande utgangspunktet i arkivlovgjevinga om at arkivmateriale skal bevarast for ettertida med mindre kassasjon er uttrykkjeleg tillate etter godkjende reglar. I punkt 29 i fortalen til EU sitt personverndirektiv (95/46/EF) er det presisert at ”Senere behandling av personopplysninger for historiske, statistiske eller vitenskapelige formål anses generelt ikke som uforenlig med de formål opplysningene tidligere er innsamlet for, forutsatt at medlemsstatene gir de nødvendige garantier. Disse garantiene skal særlig hindre at opplysningene blir brukt til støtte for tiltak eller beslutninger som gjelder en bestemt person.” Omtalen i fortalen gir på denne måten uttrykk for kor viktig det er å bevara informasjon for ettertida. Ved at søkjelyset blir retta mot ”nødvendige garantier”, og at desse garantiane særleg skal hindra at opplysningane blir brukte til støtte for tiltak eller avgjerder som gjeld ein bestemt person, blir det gitt tydelege føringar for proporsjonalitetsvurderinga knytt til sjølve bevaringa. I dette ligg at omsynet til bevaring for ettertida, mellom anna for historiske føremål, må kunne tilleggjast stor vekt. Helseregisterlova og personopplysningslova er meint å implementera EU sitt personverndirektiv i norsk rett og må derfor tolkast i lys av dette.

Framlegget om ny § 62 a i helsepersonellova inneber at helsepersonell, ved tilbakekall og suspensjon av autorisasjon, lisens eller spesialistgodkjenning kan påleggjast å levera inn pasientjournalarkiva sine til Fylkesmannen eller Norsk helsearkiv. Ei slik ordning vil bidra til å sikra at pasientar kan få innsyn i og tilgang til eigne journalopplysningar, og til å sikra at pasientjournalar blir oppbevarte på ein trygg og forsvarleg måte i tilfelle der helsepersonell mistar autorisasjon, lisens eller spesialistgodkjenning mellombels eller permanent. Departementet meiner derfor at forslaget vil innebera at omsynet til personvernet vil bli sikra på ein betre måte enn i dag.

Flytting av kravet om kryptert lagring, jf. punkt 5.4.2, er ei lovteknisk endring som ikkje vil ha konsekvensar for personvernet.

Til forsida