Prop. 1 S (2019–2020)

FOR BUDSJETTÅRET 2020 — Utgiftskapitler: 61, 400–491 Inntektskapitler: 3400–3490

Til innholdsfortegnelse

Del 2
Nærmare om budsjettforslaget

2 Nærmare om budsjettforslaget

Organisering

Programkategorien fell inn under Samfunnstryggleikskjeda.

Justis- og beredskapsdepartementet fremmar svalbardbudsjettet som ein eigen budsjettproposisjon samstundes med statsbudsjettet, Prop. 1 S (2019–2020) Svalbardbudsjettet.

Kvart år blir det gjeve eit tilskot frå statsbudsjettet til dekning av underskotet på svalbardbudsjettet. For 2020 er det foreslått 556,3 mill. kroner i utgifter og 180,5 mill. kroner i inntekter på svalbardbudsjettet. Differansen på 375,8 mill. kroner dannar grunnlaget for tilskotet på Justis- og beredskapsdepartementets kap. 480, post 50. Underskotet er større enn i 2019, i hovudsak på grunn av at midler til skredsikring er foreslått overførte frå 2019 til 2020.

I hovudsak er det den statlege administrasjonen av Svalbard som er finansiert over svalbardbudsjettet. Dette inneber bl.a. verksemd på Svalbard som er underlagd Justis- og beredskapsdepartementet, og verksemd underlagd andre fagdepartement. Longyearbyen lokalstyre får òg løyvingane sine over svalbardbudsjettet.

Svalbardbudsjettet gir òg ei samla oversikt over statlege løyvingar til svalbardformål som ikkje er finansierte over kap. 480, post 50. Slike utgifter blir dekte over det ordinære statsbudsjettet under kapitla til dei enkelte fagdepartementa. Forslag til løyvingar for 2020 er omtalte nærmare i svalbardbudsjettet.

Måla for svalbardpolitikken

Heilskaplege meldingar til Stortinget om Svalbard blir lagde fram med nokre års mellomrom. Regjeringa la 11. mai 2016 fram Meld. St. 32 (2015–2016) Svalbard. Regjeringa stadfesta i denne meldinga at dei overordna måla for svalbardpolitikken ligg fast:

  • ei konsekvent og fast handheving av suvereniteten

  • overhalde Svalbardtraktaten på korrekt måte og føre kontroll med at traktaten blir etterlevd

  • bevaring av ro og stabilitet i området

  • bevaring av den særeigne villmarksnaturen i området

  • halde oppe norske samfunn på øygruppa

Behandlinga i Stortinget, jf. Innst. 88 S (2016–2017), viste igjen ei brei politisk semje om hovudlinjene i svalbardpolitikken. Regjeringa legg vekt på at forvaltinga av øygruppa er føreseieleg og ber preg av kontinuitet. Å halde fram med ei langsiktig forvaltning av Svalbard, i tråd med måla, vil både medverke til tryggleik for folk i Longyearbyen og medverke til stabilitet og ei føreseieleg utvikling i regionen.

Måla for svalbardpolitikken, den auka aktiviteten på og rundt øygruppa og det at fleire aktørar er til stades, gjer det nødvendig med sterk koordinering og samordning av svalbardpolitikken. Mange departement har roller på Svalbard og er involverte i arbeidet med å nå måla, jf. òg omtalen under pkt. 4. Polarområda er viktige politisk, noko som gjer det nødvendig å sjå verksemda til dei enkelte fagetatane i samanheng og i eit breiare perspektiv. Justis- og beredskapsdepartementet er tildelt eit eige ansvar for å koordinere norsk svalbardpolitikk og har følgjande mål for politikken i Arktis, utover måla som er fastsette i stortingsmeldinga:

Mål for polarpolitikken

Mål

1 God samhandling i beredskap og krisehandtering.

2 God samordning og koordinering av norsk polarpolitikk.

3 Vidareutvikling av lokalsamfunnet i Longyearbyen.

Befolkning i Longyearbyen

Nedbemanninga i gruveverksemda til Store Norske Spitsbergen Kulkompani medfører ei stor omstilling for Longyearbyen. Nedbemanninga har samstundes ikkje hatt særleg innverknad på talet på sysselsette og talet på innbyggjarar i Longyearbyen. Andre næringar er i vekst, til dømes reiseliv. Samansetninga av befolkninga er derimot i endring på fleire måtar, med bl.a. ein større del utlendingar enn tidlegare år.

Longyearbyen er og skal vere eit levedyktig, norsk lokalsamfunn og administrasjonssenter. Det er viktig med god balanse mellom talet på norske og utanlandske statsborgarar i dette samfunnet. Det er derfor grunn til å følgje med på utviklinga i Longyearbyen.

Tabell 2.15 Befolkningstal i Longyearbyen og Ny-Ålesund, 1. januar

2011

2012

2013

2014

2015

2016

2017

2018

2019

2017

2115

2158

2100

2185

2152

2145

2214

2258

Kilde: SSB

Tal frå SSB viser at folketalet i Longyearbyen og Ny-Ålesund i første halvår 2019 var 2 258 personar. 799 personar var utanlandske statsborgarar, noko som utgjer 35 pst. av befolkninga

Regjeringa vil halde fram arbeidet for å sikre at Longyearbyen skal vere eit attraktivt alternativ for norske familiar. Det er nødvendig å leggje til rette for at folk er og kjenner seg trygge, og at bustadene held ein tilfredsstillande standard. Rammene for god samfunnsutvikling i Longyearbyen vart i si tid utvikla for å passe til eit gruvesamfunn. Det er viktig å justere både målsetjingane og føresetnadene så dei passar til eit moderne samfunn i rask endring. Både regelverk og rammer må tilpassast utfordringar i framtida.

Regjeringa foreslo i 2019 å auke løyvinga på kap. 0022 Skattekontoret, Svalbard med 0,8 mill. kroner. Stortinget slutta seg til forslaget. Den større løyvinga vil setje skattekontoret i betre stand til å oppdatere folkeregisteret, bl.a. sett i lys av at befolkninga i Longyearbyen har vakse dei siste åra.

Regjeringa har lagd til rette for at Statsbygg skal kunne byggje 60 bustader i Longyearbyen. Dei første 30 bustadene var innflyttingsklare i 2018. Dei siste 30 stod ferdige i 2019. Sjå elles omtalen i svalbardbudsjettet.

Tiltak

Regjeringa foreslår å løyve 61,2 mill. kroner til sikringstiltak i Longyearbyen i 2020, jf. omtalen under.

Energiforsyning

Forsyningstryggleik for energi er grunnleggjande for alle samfunnsfunksjonar. Longyearbyen er ikkje knytt saman med eit større energisystem, og tilgang på energi er òg kritisk for annan grunnleggjande infrastruktur. Forsyningstryggleik for elektrisitet er derfor spesielt viktig.

Forsyningstryggleiken for elektrisitet i Longyearbyen er ikkje god nok, og det er nødvendig med større kapasitet for reservekraft.

Tiltak

Regjeringa foreslår å løyve 8,75 mill. kroner til Longyearbyen lokalstyre i 2020 som statleg tilskot for delvis å finansiere bygginga av eit nytt reservekraftverk i Longyearbyen. Kostnadene for prosjektet er estimerte til 55,5 mill. kroner. Regjeringa legg opp til at staten finansierer halvparten av kostnadene til nytt reservekraftverk. Løyvinga til tiltaket i 2019 var på 19 mill. kroner til same formål.

I samband med behandlinga av Meld. St. 32 (2015–2016) Svalbard bad Stortinget regjeringa om å setje i gang ei brei utgreiing av moglegheitene for framtidig energiforsyning på Svalbard, basert på berekraftige og fornybare løysingar, jf. Innst. 88 S (2016–2017). Utreiinga vart lagd fram i juli 2018, og i november 2018 heldt Olje- og energidepartementet eit ope innspelsmøte om utgreiinga. På innspelsmøtet kom det også inn nye forslag til framtidig energiforsyning på Svalbard.

Olje- og energidepartementet kartlegg no dei ulike alternativa for framtidig energiforsyning. Dette arbeidet vil bli følgt opp med grundigare vurderingar av samfunnsøkonomiske nytte- og kostnadsverknader for eit mindre utval alternativ. Regjeringa legg til grunn at den framtidige energiforsyninga må gi forsvarleg forsyningstryggleik for busetjingane på Svalbard. Sjå elles omtalen i svalbardbudsjettet.

Beredskap og skredsikring

Det er ein auke i maritim aktivitet i farvatna rundt Svalbard. Bl.a. tyder tal frå Kystverket på at det no er fleire seglingar i farvatna ved Svalbard, spesielt nord av 79°.

Figur 2.27 Seglingar i farvatna ved Svalbard, nord av 79°

Figur 2.27 Seglingar i farvatna ved Svalbard, nord av 79°

Kilde: Kystverket/Fiskeridirektoratet

I samband med Prop. 114 S (2018–2019) Om tilleggsløyvingar og omprioriteringar i statsbudsjettet for 2019 foreslo regjeringa å utvide sesongen M/S «Polarsyssel» seglar, frå ni til ti månader i 2019. Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst. 391 S (2018–2019). Regjeringa foreslår å auke løyvinga på kap. 480 post 50 med 5 mill. kroner i 2020 for å gjere forlenginga av seglingssesongen frå ni til ti månader permanent. Midlane vil bli plassert på svalbardbudsjettet kap. 0006 Sysselmannens transportteneste, post 01 Driftsutgifter.

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har frå 2016 gjennomført regional snøskredvarsling for regionen Nordenskiöld Land. I tillegg vart det etablert lokal varsling for Longyearbyen. Universitetssenteret på Svalbard (UNIS) er samarbeidspartnar for observasjonar.

NVE ferdigstilte første del av sikringstiltak under fjellet Sukkertoppen i 2018 til ein kostnad på 32,5 mill. kroner. Fleire bygg i Longyearbyen ligg truleg innanfor faresonegrensene for 100-årsskred (raud sone). NVE har leidd ei breitt samansett ekspertgruppe som i 2018 la fram nye skredvurderingar. Dei viser at skredfaren er vesentleg, og at fleire bustader under Sukkertoppen ikkje lar seg sikre med fysiske tiltak som vollar, skjermar eller liknande.

I svalbardbudsjettet for 2019 vart det løyvd 45 mill. kroner til sikringstiltak i Longyearbyen over kap. 0007, post 30 Skred- og bustadtiltak. Arbeidet med skredsikring inneber m.a. prosjektering og grunnundersøkingar. Nye klimaframskrivingar medfører utfordringar innan geoteknikk, fundamentering og bygging av fysiske tiltak i område med permafrost. NVE får gjennomført supplerande grunnundersøkingar og temperaturmålingar for å kunne ta endeleg stilling til prosjektet. Framdrifta er førebels vurdert å bli forseinka med eitt år samanlikna med opphaveleg plan. Det ligg an til at arbeidet med Sukkertoppen held fram og vert avslutta i 2021. Det ligg òg an til at delar av løyvinga for 2019 ikkje vil bli brukt opp. Regjeringa vil kome tilbake til dette i samband med ny saldering av budsjettet for 2019. På grunn av ovannemnte forseinking blei løyvinga på kap. 0007, post 30 gitt stikkordet «kan overførast» i samband med revidert nasjonalbudsjett 2019.

Tiltak

Regjeringa foreslår å auke løyvinga til Sysselmannens transportteneste med 5 mill. kroner i 2020. Løyvinga skal gå til å forlenge seglingssesongen til Sysselmannens fartøy M/S «Polarsyssel» frå 9 til 10 månader i 2020.

Regjeringa foreslår å løyve 61,2 mill. kroner til skredtiltak i Longyearbyen i 2020 på kap. 0007 post 30. Løyvinga vil kunne nyttast av NVE gjennom ei belastningsfullmakt. Regjeringa foreslår òg for 2020 å gi kap. 0007, post 30 stikkordet «kan overførast».

Programområde 06 Justissektoren

Programkategori 06.10 Administrasjon

Utgifter under programkategori 06.10 fordelt på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Betegnelse

Regnskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

Pst. endr. 19/20

01–25

Driftsutgifter

513 033

494 658

512 027

3,5

50–59

Overføringer til andre statsregnskaper

24 956

42 551

56 193

32,1

70–89

Overføringer til private

23 533

24 633

27 204

10,4

Sum kategori 06.10

561 522

561 842

595 424

6,0

Utgifter under programkategori 06.10 fordelt på kapitler

(i 1 000 kr)

Kap.

Betegnelse

Regnskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

Pst. endr. 19/20

400

Justis- og beredskapsdepartementet

561 522

561 842

595 424

6,0

Sum kategori 06.10

561 522

561 842

595 424

6,0

Innleiing

Justis- og beredskapsdepartementet har ansvar for rettsvesenet, kriminalomsorga, politi- og påtalemakta, redningstenesta, samfunnstryggleik og beredskap, utlendingsforvaltinga m.m. Justis- og beredskapsdepartementet er samordningsdepartement for norsk politikk i polarområda og for svalbardbudsjettet. Justis- og beredskapsdepartementet har eit særleg ansvar for å medverke til eit oversiktleg lovverk med samanheng og god lovstruktur. Alle lovforslag utanom for skattelover skal leggjast fram for Justis- og beredskapsdepartementet for lovteknisk gjennomgang. Justis- og beredskapsdepartementet gir òg råd til andre departement om lovarbeid.

Omtale av oppmodingsvedtak nr. 93, 4. desember 2018 – Noregs nasjonale institusjon for menneskerettar (NIM)

4. desember 2018 gjorde Stortinget dette oppmodingsvedtaket (nr. 93):

«Stortinget ber regjeringen gjennomgå anbefalingene i årsmeldingen for 2017 fra Norges nasjonale institusjon for menneskerettigheter og komme tilbake til Stortinget på egnet måte med hvordan anbefalingene er fulgt opp.»

Etter lov 22. mai 2015 nr. 33 om Norges nasjonale institusjon for menneskerettigheter § 3 første ledd bokstav a skal NIM «bidra til å styrke gjennomføringen av menneskerettighetene, særlig ved å […] overvåke og rapportere om menneskerettighetenes stilling i Norge, herunder legge frem anbefalinger for å sikre at Norges menneskerettslige forpliktelser oppfylles», og etter bokstav b skal NIM «rådgi Stortinget, regjeringen, Sametinget og andre offentlige organer og private aktører om gjennomføringen av menneskerettighetene». Dei ansvarlege departementa vil ha som rutine å gjennomgå tilrådingane i årsmeldinga frå NIM, og råda frå NIM vil vere viktige og velkomne innspel når departementa og regjeringa tek stilling til kva som vidare bør gjerast på eit saksområde. Årsmeldinga til NIM for 2017 inneheld 36 tilrådingar.

Justis- og beredskapsdepartementet har gjennomgått tilrådingane på sitt ansvarsområde og vurdert dei slik det går fram nedanfor. Etter omtalen av tilrådingane på ansvarsområdet til Justis- og beredskapsdepartementet er det teke inn ei oversikt over kva departement som er ansvarlege for å omtale dei andre tilrådingane frå årsmeldinga til NIM i sine budsjettproposisjonar.

Bruk av tvangsmiddel etter straffeprosesslova § 222 d og politilova § 17 d

Tilråding frå NIM (s. 33 i årsmeldinga):

«Regjeringen bør utrede i hvilken utstrekning tvangsmiddelbruk i medhold av straffeprosessloven § 222d og politiloven § 17d er forenlig med Grunnloven § 102, andre punktum.»

Det følgjer av regjeringsplattforma at regjeringa vil setje ned eit offentleg utval som skal evaluere dagens politimetodar. Det vil vere naturleg at ei slik evaluering tek opp bruken av skjulte tvangsmiddel etter straffeprosesslova § 222 d og politilova § 17 d, medrekna om metodebruken skjer innanfor ramma av Grunnlova. Samstundes blir det framheva at forholdet til Grunnlova vart vurdert før forslaga til dei nemnde føresegnene vart fremma for Stortinget, sjå Prop. 68 L (2016–2017) Endringer i straffeprosessloven mv. (skjulte tvangsmidler) og NOU 2009: 15 Skjult informasjon – åpen kontroll.

Teieplikt og innsyn

Tilråding frå NIM (s. 39 i årsmeldinga):

«Myndighetene bør foreta en helhetlig gjennomgang av taushetspliktbestemmelsene i norsk lovgivning og av forvaltningens praktisering av innsynslovgivningen.»

I tidsrommet frå sommaren 2018 til hausten 2019 blir det gjennomført ein gjennomgang av reglane om teieplikt innanfor store delar av forvaltninga. Dette skjer i samband med at det blir utarbeidd ei utgreiing som dannar grunnlag for ein heilskapleg og praktisk orientert rettleiar om når det ligg føre teieplikt, opplysningsplikt og opplysningsrett. Arbeidet blir gjennomført av professor Morten Holmboe, og utgreiinga vil liggje føre hausten 2019.

Dei generelle teiepliktreglane i forvaltningslova vart gjennomgått av forvaltningslovutvalet i samband med deira arbeid. I utgreiinga deira, NOU 2019: 5, er det bl.a. gjort framlegg om å endre reglane om deling av opplysningar som er omfatta av teieplikt. Dette framlegget vil bli følgd opp.

Teiepliktreglane i straffeprosesslova blir gjennomgått i samband med oppfølginga av NOU 2016: 24 Ny straffeprosesslov.

Når det gjeld korleis forvaltninga praktiserer innsynslovgivinga, har både Riksrevisjonen og Pressens offentlighetsutvalg gjennomført omfattande undersøkingar av dette dei seinare åra. For nokre få år sidan vart det òg gjennomført ei evaluering av offentleglova, der hovudformålet var å finne ut om Stortingets mål om større openheit var oppnådd. I etterkant av desse undersøkingane har det blitt sett i verk ei rekkje tiltak for at regelverket skal bli praktisert på ein betre måte.

Offentlegheit og innsyn i rettsstellet, kjeldevern

Tilråding frå NIM (s. 40 i årsmeldinga):

«Spørsmålene om offentlighet og innsyn i rettspleien generelt, og strafferetten spesielt, samt spørsmål om kildevern bør utredes nærmere og helhetlig i lys av de menneskerettslige krav som følger av Grunnloven og EMK. Kildevernbestemmelsen i ny straffeprosesslov bør tydelig få frem den høye terskelen Grunnloven og EMK setter for inngrep i kildevernet.»

Justis- og beredskapsdepartementet sende i juni 2016 på høyring ei utgreiing frå Tron L. Sundet om offentlegheit innanfor rettsstellet, saman med eit tilleggsnotat frå Domstoladministrasjonen. Høyringa hadde frist 1. november 2016 og er til behandling i departementet.

Reglane om kjeldevern må i første rekkje sjåast i samanheng med andre bevisreglar i straffeprosesslova og tvistelova. Det er naturleg at reglane om innsyn og offentlegheit innanfor rettsstellet blir vurderte heilskapleg i samband med oppfølginga av utgreiinga til straffeprosessutvalet, NOU 2016: 24 Ny straffeprosesslov.

På bakgrunn av forslaget til nye kjeldevernreglar frå straffeprosessutvalet og svara som kom under høyringa av NOU 2016: 24, sende departementet eit forslag til endringar i kjeldevernreglane i gjeldande straffeprosesslov og tvistelov på høyring 24. september 2018. Høyringsfristen var 1. februar 2019. Forslaget er til oppfølging i departementet og skal sjåast i samanheng med forslaget frå Kulturdepartementet til ny medieansvarslov. Dette forslaget vart sendt på høyring 9. mai 2018 med høyringsfrist 10. oktober 2018.

Hatefulle ytringar og hatkriminalitet

Tilråding frå NIM (s. 50 i årsmeldinga):

«Myndighetene bør sørge for at hvert politidistrikt prioriterer hatefulle ytringer og hatkriminalitet i henhold til det som er fastslått i Regjeringens strategi mot hatefulle ytringer. NIM anbefaler at man prioriterer å bygge opp et fagmiljø på feltet ved blant annet å etablere hatkrimgrupper i flere politidistrikt. Dette arbeidet bør også prioriteres på ulike andre nivåer innenfor politi og påtalemyndighet.»

Regjeringa la i 2016 fram ein strategi og to handlingsplanar som inneheld særskilte tiltak mot hatkriminalitet. Desse er regjeringas strategi mot hatefulle ytringar (2016–2020), regjeringas handlingsplan mot diskriminering på grunn av seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsutrykk (2017–2020) og regjeringas handlingsplan mot antisemittisme (2016–2020). Regjeringa ønskjer at dette fagfeltet skal ha høg prioritet, og det følgjer òg av Riksadvokatens mål- og prioriteringsrundskriv dei seinare åra at arbeidet mot hatkriminalitet skal ha særskild merksemd og skal prioriterast i alle politidistrikt. Det kan likevel vere ulike behov frå politidistrikt til politidistrikt, og ei øyremerking av ressursar vil føre til at distrikta får mindre rom til å prioritere ressursane der det er størst behov. På bakgrunn av dette meiner regjeringa at det bør vere opp til kvart enkelt politidistrikt å vurdere om dei skal opprette ei eiga faggruppe for hatkriminalitet.

Tilråding frå NIM (s. 52 i årsmeldinga):

«Myndighetene bør koordinere og ansvarliggjøre ulike aktører for å sikre at det utarbeides god nasjonal statistikk over hatefulle ytringer (og annen hatkriminalitet) innenfor politi, påtalemyndighet og domstoler. NIM anbefaler at hatefulle ytringer registreres etter klare og like retningslinjer nasjonalt, og at myndighetene forsikrer seg om at de ulike politidistrikter har nødvendig kompetanse på dette. NIM anbefaler at statistikken inkluderer både antall anmeldelser og (detaljert informasjon om) utfallet av disse anmeldelsene.»

Det er viktig at det ligg føre god kunnskap i alle politidistrikta i landet om korleis føresegnene om hatkriminalitet i straffelova skal komme til bruk. For å sikre at dette fagområdet blir handtert likt, utarbeidde Politidirektoratet i 2018 ein rettleiar for registrering av hatkriminalitet til bruk i politidistrikta. At saka blir rett koda allereie når ho blir registrert, bidrar òg til betre flyt i saksbehandlinga.

I politiets STRASAK-rapport for 2018 er det ein særskild omtale av hatkriminalitet og utviklinga innanfor dette fagfeltet dei siste fem åra (2014–2018). Her er det ei oversikt over talet på meldingar til politiet, påtaleavgjorde saker og rettskraftige reaksjonar. Oppklaringsprosenten på saksfeltet ligg på 50. Dette er om lag same tal som for alle lovbrot. Statistikken viser vidare at det har vore ei positiv utvikling i oppklaringsprosenten dei siste fem åra.

Einslege mindreårige asylsøkarar

Tilråding frå NIM (s. 58 i årsmeldinga):

«Norske myndigheter må gi enslige mindreårige asylsøkere over 15 år et omsorgstilbud som både kvalitativt og rettighetsmessig er likeverdig det tilbudet som gis til enslige mindreårige asylsøkere under 15 år og øvrige barnevernsbarn.»

Noreg har eit omsorgstilbod til einslege, mindreårige asylsøkarar som er tilpassa alderen deira. Det er fleire tilsette i mottak for einslege mindreårige enn det er i ordinære mottak. Det er også færre tilsette i mottak for einslege mindreårige over 15 år enn i omsorgsentra for einslege mindreårige under 15 år. Omsorga mottaket gir til einslege mindreårige i alderen 15–18 år, er særskild utvikla for å møte behova til denne gruppa. Mottaka skal òg ta omsyn til dei særlege behova til kvart enkelt barn. Utlendingsdirektoratet (UDI) arbeider systematisk for å sikre at einslege mindreårige over 15 år i mottak får eit forsvarleg omsorgstilbod, og regjeringa har dei siste åra gjennomført ei rekkje med tiltak for å sikre dette. Til dømes har UDI dei siste åra fått tildelt ekstra midlar til å auke bemanninga og styrke den barnefaglege kompetansen i mottak for einslege mindreårige. UDI har med det fått fleire profesjonelle omsorgsarbeidarar i mottaka. Dette har hjelpt gruppa til å få eit styrkt tilbod i form av tettare oppfølging og betre omsorg. Ei eventuell avgjerd om å overføre ansvaret for einslege mindreårige asylsøkarar mellom 15 og 18 år til barnevernet vil ha vesentlege økonomiske konsekvensar.

Tilråding frå NIM (s. 61 i årsmeldinga):

«Myndighetene må foreta konkrete, individuelle vurderinger av barnets beste, slik Grunnloven og FNs barnekonvensjon krever, når de vurderer om enslige mindreårige asylsøkere skal få ordinært opphold på humanitært grunnlag eller en tidsbegrenset tillatelse.»

Med verknad frå 1. februar 2018 er det presisert i eit nytt tredje ledd i utlendingsforskrifta § 8–8 at det å avgrense kor lenge løyvet varer, slik at det gjeld til utlendingen fyller 18 år, skal vere forsvarleg ut frå omsynet til det beste for barnet. Samstundes vart det i eit nytt andre ledd i føresegna presisert ei rekkje omstende ved situasjonen til barnet som det skal leggjast vekt på når ein vurderer kva for type løyve som skal givast.

Internering av barn etter utlendingslova

Tilråding frå NIM (s. 65 i årsmeldinga):

«Unntaket fra de foreslåtte maksimalfristene i utlendingsloven for å internere barn bør snevres inn, slik at det samsvarer bedre med våre folkerettslige forpliktelser. Norske myndigheter bør prioritere arbeidet med etablering av en permanent familieenhet utenfor Trandum.»

Utlendingslova fekk ein ny § 106 c som tredde i kraft 15. mai 2018. I sjette ledd fastset føresegna maksimalfristar ved internering av barn. Internering kan ikkje avgjerast for lenger enn tre døgn om gongen. Samla interneringstid skal heller ikkje vere lengre enn tre døgn, med mindre det ligg føre særlege og sterke grunnar, og interneringstida kan aldri overstige ni døgn.

Det er allereie oppretta eit senter for internering av barnefamiliar som skal uttransporterast. Senteret held førebels til på Haraldvangen. Senteret har eit meir sivilt preg og eit lågare tryggingsnivå enn Trandum. Det er ikkje synlege gjerde, og personalet går ikkje med uniform. Senteret har kapasitet til to barnefamiliar, eller ti personar totalt. Etter at senteret vart oppretta i desember 2017, blir ingen barnefamiliar internerte på Trandum.

Vald og overgrep i samiske samfunn

Tilråding frå NIM (s. 86 i årsmeldinga):

«Myndighetene bør iverksette en særskilt handlingsplan mot vold og overgrep i samiske samfunn. En slik handlingsplan må sørge for mer forskning på temaet, slik at tiltakene som settes inn, er egnet til å beskytte mot og forebygge vold og overgrep. Handlingsplanen bør forankres i det samiske samfunn, ved bruk av fagpersoner, sivile organisasjoner og Sametinget.»

Regjeringa har vedteke at det skal utarbeidast ein nasjonal handlingsplan mot vald i nære relasjonar med ein eigen del om vald og overgrep i samiske samfunn. Arbeidet med handlingplanen vil ta til hausten 2019. Justis- og beredskapsdepartementet vil leie arbeidet med planen, og fleire departement og direktorat vil bidra. Justis- og beredskapsdepartementet vil gå i dialog med Sametinget om korleis Sametinget og andre samiske aktørar kan ta del i arbeidet med handlingsplanen. Handlingsplanen vil ta for seg tema som heilskapleg og koordinert politikk, førebygging, vern og hjelp til dei utsette og straffeforfølging og behandling av gjerningspersonar.

Når det gjeld forsking, har Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS) fått midlar til eit forprosjekt for ytterlegare forsking om vald i nære relasjonar i samiske samfunn. Den vidare forskinga vil vere del av ein ny periode (2019–2024) for NKVTS sin del av Justis- og beredskapsdepartementets forskingsprogram om vald i nære relasjonar.

Vald og overgrep mot eldre som bur heime

Tilråding frå NIM (s. 87 i årsmeldinga):

«Myndighetene bør iverksette effektive tiltak på systemnivå for å forebygge og forhindre at hjemmeboende eldre utsettes for vold og overgrep, herunder bør kommunene iverksette handlingsplaner mot vold i nære relasjoner som har konkrete og egnede tiltak rettet mot gruppen eldre.»

Tiltak retta mot eldre som blir utsette for vald i nære relasjonar, vil vere del av den nye handlingsplanen mot vald i nære relasjonar som er omtalt under tilrådinga ovanfor.

Forsking som er gjort dei seinare åra kring vald mot eldre, vil gi viktige innspel til handlingsplanen. Gjennom studiar som er gjennomførte ved NKVTS, har vi fått meir kunnskap både om omfanget av vald og overgrep mot eldre og om kva for relasjonar dei har til valdsutøvaren. Studien til NKVTS har synleggjort klare samanhengar mellom det å vere utsett for vald, uhelse og fysisk og sosial fungering.

Når det gjeld kommunale handlingsplanar, viser ein gjennomgang frå NKVTS at éin av fire kommunale handlingsplanar mot vald ikkje har rekna med eldre som målgruppe. Sjølv i dei planane der eldre er nemnde som målgruppe, er det få tiltak som rettar seg særskilt mot den eldre delen av befolkninga.

NKVTS har no eit prosjekt der dei undersøker korleis kommunane bruker kommunale handlingsplanar, kva for nytte dei har av slike planar, og korleis dei går fram for å lage dei. Rapporten skal lanserast 24. september 2019 og vil bidra med nyttig kunnskap om korleis dei kommunale handlingsplanane mot vald i nære relasjonar kan vidareutviklast – også når det gjeld eldre som målgruppe.

Oppfølging av samerettsutvalet II

Tilråding frå NIM (s. 101 i årsmeldinga):

«Gjennom konsultasjoner med Sametinget og berørte samiske interesser fremme lovforslag om anerkjennelse, kartlegging og beskyttelse av samenes rettigheter til land og vann sør for Finnmark samt forvaltningsordninger som sikrer samisk innflytelse over ressursforvaltningen i disse områdene i tråd med ILO konvensjon nr. 169 og øvrig folkerett.»

Regjeringa vil halde fram arbeidet med å følgje opp NOU 2007: 13 Den nye sameretten (samerettsutvalet 2). Staten har ei folkerettsleg plikt til å konsultere med samane i saker som vil kunne gjelde samiske interesser direkte. I dag er plikta gjennomført i norsk rett gjennom Prosedyrer for konsultasjoner mellom statlige myndigheter og Sametinget, frå 2005.

Regjeringa fremma hausten 2018 Prop. 116 L (2017–2018) Endringer i sameloven mv. (konsultasjoner). Lovreglane som er foreslått om konsultasjonar, byggjer på folkerettslege reglar og dagens konsultasjonsprosedyrar. Fleirtalet i kommunal- og forvaltningskomiteen innstilte på at lovforslaget måtte sendast på høyring (Innst. 253 L (2018–2019)). I tillegg bad komiteen om at utkastet til rettleiar om konsultasjonar for kommunar og fylkeskommunar skulle sendast på høyring samstundes. Den 9. mai 2019 gjorde Stortinget oppmodingsvedtak i tråd med innstillinga frå komiteen (vedtak nr. 508 (2018–2019)). Stortinget vedtok å sende saka tilbake til regjeringa og oppmoda regjeringa om å sende forslag til endringar i samelova, Prop. 116 L (2017–2018), ut på høyring før saka blir fremma for Stortinget til ny behandling.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet arbeider no med ein rettleiar for konsultasjonar og tek sikte på å sende både proposisjonen og utkastet til rettleiar på høyring hausten 2019. Kva for tiltak som skal setjast i verk for å sikre samiske rettar til land og vatn og samisk innverknad på ressursforvaltninga, er framleis til vurdering.

Sakshandsaming i straffesaker om valdtekt og mishandling i nære relasjonar

Tilråding frå NIM (s. 129 i årsmeldinga):

«NIM støtter Riksadvokatens ambisjon om å følge opp kvalitetsundersøkelsen med nye undersøkelser i årene fremover. Det vil gi grunnlag for å måle utviklingen og virkningen av tiltak som er iverksatt på grunnlag av tidligere funn. Det bør iverksettes tiltak for å avhjelpe de systemiske svakhetene ved behandlingen av voldtektssaker og saker om mishandling i nære relasjoner som undersøkelsen har avdekket.»

På oppdrag frå Riksadvokaten gjennomførte statsadvokatane i 2016 ei nasjonal undersøking av etterforskingskvaliteten og påtalearbeidet i saker om valdtekt og mishandling av nærståande. Resultata blir følgde opp med fagleiinga til statsadvokatane i politidistrikta. Rapporten har òg gitt referansar for regjeringas handlingsplan mot valdtekt frå mars 2019. Handlingsplanen har eigne tiltak for å styrke etterforskinga i valdtektssaker. Justis- og beredskapsdepartementet støtter Riksadvokatens ambisjon om å følgje opp kvalitetsundersøkinga med nye undersøkingar i åra framover. På linje med dette vil Riksadvokaten i 2020 gjennomføre ei ny undersøking av etterforskingskvaliteten i valdtektssaker for å belyse endringar over tid.

Isolasjon i arrest og varetekt

Tilråding frå NIM (s. 133 i årsmeldinga):

«NIM fastholder tidligere anbefalinger om å endre både regelverk og praksis for å sikre at personer i arrest eller varetekt ikke isoleres i større utstrekning enn det som er strengt nødvendig. Våre anbefalinger er ennå ikke fulgt opp i tilstrekkelig grad.»

Justis- og beredskapsdepartementet sende i juni 2018 på høyring forslag til endringar i straffeprosesslova og politiarrestforskrifta. I høyringsnotatet er det skissert to alternative forslag, som inneber at personar som er gripne av politiet, som utgangspunkt må framstillast for retten anten den andre dagen eller 48 timar etter at dei vart gripne. Forslaget er ei oppfølging av forslag frå straffeprosessutvalet, jf. NOU 2016: 24 Ny straffeprosesslov side 327–329 og vil medføre ei innstramming i forhold til gjeldande rett. Når det gjeld endringar i politiarrestforskrifta, blir det bl.a. foreslått å regulere høvet til samkvem med andre innsette og besøk utanfrå. Vidare blir det opna for at tilsette kan få med seg personlege eigedelar på cella. Desse forslaga er oppfølgingar av innspel frå bl.a. Sivilombodsmannen og NIM. Det vidare arbeidet med å følgje opp høyringsnotatet går føre seg i departementet.

Straffeprosessutvalet har også foreslått fleire endringar i reglane om bruk av isolasjon under varetekt. Det overordna formålet med forslaga er å redusere bruken av isolasjon, jf. NOU 2016: 24 side 325. Fleire høyringsinstansar har understreka kor viktig det er at straffeprosesslova speglar det menneskerettslege utgangspunktet om at isolasjon berre skal brukast når det er strengt nødvendig. Departementet vil i samband med oppfølginga av NOU 2016: 24 sjå nærmare på endringar i reglane om bruk av isolasjon.

Utelukking frå fellesskap i fengsel

Tilråding frå NIM (s. 135 i årsmeldinga):

«Kriminalomsorgen bør prioritere implementeringen av retningslinjene for utelukkelse fra fellesskap. Kriminalomsorgen bør foreta en gjennomgang av beslutninger om utelukkelse på grunn av bemannings- og bygningsmessige forhold for å vurdere i hvilken grad beslutningene faktisk er forbeholdt akutte tilfeller, og ikke skyldes varige ressurs- og bemanningsproblemer.»

Den 15. mars 2017 vart nye retningslinjer for utelukking etter straffegjennomføringslova sette i kraft. Retningslinjene inneheld ikkje noko nytt materielt sett, men dei presiserer korleis gjeldande regelverk skal praktiserast. I tillegg fører dei inn strengare rapporteringsrutinar.

Kriminalomsorga vurderer det slik at det ikkje er grunnlag for å konstatere at retningslinjene ikkje har hatt ønskt effekt. Iverksettinga av retningslinjene er framleis i prosess. Dermed er det noko for tidleg å konkludere når det gjeld resultat. Kriminalomsorgsdirektoratets vurdering er at auken i heile utelukkingar dels kjem av ein auke i registreringa av faktisk utelukking og dels har å gjere med tilhøve ved dei innsette (meir utfordrande).

Talet på utelukkingar som heng saman med tilhøve ved bygningar eller ved bemanning, gjekk ned frå 2016 til 2017. Departementet vil følgje utviklinga nøye. Kriminalomsorgsdirektoratet har jamvel utarbeidd ein plan for tiltak mot isolasjon i kriminalomsorga. Fleire av tiltaka vil bli sette i verk allereie i 2019.

Justis- og beredskapsdepartementet har sett i gang eit arbeid for å gå gjennom reglane for utelukkingar og tvangsmiddel i kriminalomsorga.

Langtidsisolasjon i Ila fengsel

Tilråding frå NIM (s. 136 i årsmeldinga):

«Sentrale myndigheter bør iverksette tiltak for å sikre at langtidsisolerte ved Ila fengsel og forvaringsanstalt får et behandlingstilbud og at deres isolasjon avbrytes.»

Etablering av ei nasjonal forsterka fellesskapsavdeling ved Ila fengsel og forvaringsanstalt var ei av prioriteringane i 2019-budsjettet og ei av dei større satsingane med 18,3 millionar kroner. Det blir arbeidd for å etablere avdelinga raskast mogelg, og arbeidet går etter planen.

Kriminalomsorga har ansvaret for straffegjennomføringa, og helsetenesta har ansvaret for behandling av psykisk sjuke, òg for dei som er i fengsel. Det ligg i oppdragsbrevet frå Helse- og omsorgsdepartementet til dei regionale helseforetaka for 2018 at tilbodet innanfor psykisk helsevern til innsette skal styrkast.

For å auke kompetansen på psykisk sjuke hos fengselsbetjentane planlegg Kriminalomsorgas utdanningssenter å auke utdanningstilbodet i fengselspsykiatri. Det er òg viktig å arbeide for å få fleire innsette i aktivitet.

Regjeringa har som mål å styrke tilbodet til innsette med psykiske lidingar. Dette krev nært samarbeid mellom bl.a. Justis- og beredskapsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet. Det er kontakt mellom departementa om dei aktuelle utfordringane.

Andre tilrådingar i NIMs årsmelding

Tabellen nedanfor viser kva departement som er ansvarleg for å omtale dei andre tilrådingane frå NIM i sine budsjettproposisjonar.

Sidetal i årsmeldinga

Tema for tilrådinga

Ansvarleg departement

20

Utgreiingsinstruksen – menneskerettslege spørsmål

Finansdepartementet

31

Lysne II-utvalet – digitalt grenseforsvar

Forsvarsdepartementet

36

NOU 2017: 7 om mediemangfald

Kulturdepartementet

38

Ytringsfridom og teknologisk utvikling, ny medieansvarslov mv.

Kulturdepartementet

42

Varsling og ytringsfridom i arbeidslivet

Arbeids- og sosialdepartementet

68

Statslause barn, framlegg til endringar i statsborgarlova

Kunnskapsdepartementet

77

Ny barnevernslov – omfang av samvær

Barne- og familiedepartementet

82

Vald og seksuelle overgrep mot barn, omsorgssvikt

Barne- og familiedepartementet

86

Saker om overgrep i Tysfjord kommune

Kommunal- og moderniseringsdepartementet

97

Elektrokonvulsiv behandling

Helse- og omsorgsdepartementet

101

Tilrådingar frå samerettsutvalet II – minerallovgiving

Nærings- og fiskeridepartementet

103

Tana-avtalen om fiskerettar – samisk deltaking i og innverknad på prosessar

Klima- og miljødepartementet

106

FN-konvensjonen om rettar til menneske med nedsett funksjonsevne – diskriminering av samar med nedsett funksjonsevne

Kulturdepartementet

107

Rettane til sjøsamane

Nærings- og fiskeridepartementet

114

Haldningar til nasjonale minoritetar

Kulturdepartementet

114

Framlegg frå tater-/romaniutvalet

Kunnskapsdepartementet

114

Likestillings- og diskrimineringsombodet og Sivilombudsmannen – styrking, finansiering mv.

Kulturdepartementet

124

Næringsliv og menneskerettar

Utanriksdepartementet

138

FN-konvensjonen om vern mot tvungen forsvinning

Utanriksdepartementet

Kap. 400 Justis- og beredskapsdepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Betegnelse

Regnskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Driftsutgifter

474 504

464 378

477 434

23

Spesielle driftsutgifter, forskning, evaluering og kunnskapsinnhenting, kan overføres

38 529

30 280

34 593

50

Norges forskningsråd

24 956

42 551

56 193

70

Overføringer til private

9 918

10 206

12 315

71

Tilskudd til internasjonale organisasjoner

13 615

14 427

14 889

Sum kap. 0400

561 522

561 842

595 424

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga dekker lønn og godtgjersle til tilsette i departementet og lønns- og driftsutgifter til råd og utval. Løyvinga skal òg dekke driftsutgifter i tillegg til investeringar og utviklingstiltak. Unntaksvis kan løyvinga på posten nyttast til enkelte driftsutgifter i domstolane og ytre etat.

Talet på årsverk som er lønte på kap. 400, post 01, per 31. desember 2018, var 315,3 (ekskl. tilsette i permisjon utan lønn).

I tillegg til årsverka som er lønte på kap. 400, er om lag 27 årsverk i departementet lønte på andre budsjettkapittel under Justis- og beredskapsdepartementet. I 2019 er om lag seks personar beordra til arbeid i departementet, eller dei hospiterer i departementet.

Regjeringa foreslår å auke løyvinga med 5,7 mill. kroner fordi Justis- og beredskapsdepartementet har overteke ansvaret for tryggingslova og den administrative styringa av NSM.

Regjeringa foreslår å overføre 0,45 mill. kroner til Utanriksdepartementet som følgje av utgifter til oversetting av Schengen rettsakter.

Regjeringa foreslår at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 400, post 01, mot meirinntekter på kap. 3400, post 01, jf. forslag til vedtak.

Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 477,4 mill. kroner.

Post 23 Spesielle driftsutgifter, forskning, evaluering og kunnskapsinnhenting, kan overføres

Sektorprinsippet i norsk forskingspolitikk inneber at departementet har eit overordna ansvar for forsking på og for sin sektor og sine ansvarsområde. Departementet har både eit ansvar for langsiktig forsking for sektoren – det breie sektoransvaret – og eit ansvar for forsking som skal dekke departementets eige behov for kunnskapsgrunnlag for politikkutvikling og forvaltning.

Løyvinga på post 23 skal bli brukt til forsking, oppfølging av stortingsmeldingar eller offentlege utgreiingar, evalueringar og anna innhenting av kunnskap på justis- innvandring og beredskapsfeltet. Justis- og beredskapsdepartementet prioriterer forsking på fire felt: 1) digital tryggleik, samfunnstryggleik og beredskap, 2) straffesakskjeda og førebygging av kriminalitet, 3) innvandring og 4) regelverk og rettsvitskapleg forsking.

I 2019 vart det gitt ei løyving på knappe 30 mill. kroner på posten. Dei største prosjekta handlar om digital tryggleik, inkludert ei årleg løyving til Center for Cyber and Information Security ved NTNU og ei årleg løyving til Simula@UiB, brannforsking, forsking på terrorisme og radikalisering, vald i nære relasjonar og migrasjon.

Regjeringa har i langtidsplanen for forsking og høgare utdanning vedteke opptrappingsplanen Teknologiløft, som bl.a. skal nyttast til å styrke forskinga på digitaliseringa i samfunnet.

For å realisere denne styrkinga foreslår regjeringa å flytte 2,5 mill. kronar frå post 23 til post 50, for å skape grunnlag for langsiktig forskingsprogram i regi av Noregs forskingsråd.

For å styrke den forskingsbaserte kunnskapen rundt temaet førebygging av seksuelle overgrep mot barn, vil det bli sett av 5 mill. kroner. Midlane skal lysast ut og skal omfatte fleire ulike fagområde.

Det er behov for auka overføring av kompetanse på forvalting av migrasjon til opphavs- og transittland for migrasjon og retur. Opplæring kan enten gis ved at norske tenestepersonar reiser til aktuelle land eller regioner eller at representantar frå aktuelle land inviteras til Noreg. For å styrke dette arbeidet blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 400, post 23, mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 490, post 72 med 1 mill. kroner.

Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 34,6 mill. kroner.

Post 50 Norges forskningsråd

Noregs forskingsråd er ein sentral aktør i det norske forskings- og innovasjonssystemet og eit viktig verkemiddel for å nå dei forskingspolitiske måla til regjeringa. Regjeringa har fastsett fem mål for Noregs forskingsråd. Desse er

  • auka vitskapeleg kvalitet

  • auka verdiskaping i næringslivet

  • møte store samfunnsutfordringar

  • eit velfungerande forskingssystem

  • god rådgiving

Måla er felles for alle departementa. Kunnskapsdepartementet har i samarbeid med departementa og Forskingsrådet utarbeidd eit styringssystem for departementa si styring av Forskingsrådet. Justis- og beredskapsdepartementet styrer midlane til Forskingsrådet i tråd med dette. Samla resultat av verksemda til Noregs forskingsråd i 2018 er omtalt i budsjettproposisjonen til Kunnskapsdepartementet for 2020.

Løyvingane frå Justis- og beredskapsdepartementet til Noregs forskingsråd skal i all hovudsak ta vare på det breie sektoransvaret for forsking og bidra til langsiktig kompetanse- og kunnskapsoppbygging innan sektorområda til departementet, der Noregs forskingsråd er programstyrar. I 2019 vart det gitt ei samla løyving på knappe 25 mill. kroner til desse prosjekta:

Tabell 2.1 Tildelingar til Noregs forskingsråd

Prosjekt

Beløp (1 000 kr) 2018-tal

SAMRISK II

14 000

VAM (velferd, arbeid og migrasjon)

6 956

IKTPLUSS

3 000

UTENRIKS

1 000

Sum

24 956

Forskinga i desse programma har gitt ny og viktig kunnskap om spørsmål knytte til digital tryggleik, samfunnstryggleik og beredskap, migrasjon og norsk europapolitikk. Innanfor samfunnstryggleik er det no er blitt bygd større kapasitet og samanheng i forskinga ved å finansiere større og langsiktige forskingsprosjekt. Programma i Forskingsrådet bidrar vidare til god arbeidsdeling mellom nasjonale, nordiske og europeiske konkurransearenaer gjennom koordinering av innsatsområde og utlysingar. Dette gir gode samspelseffektar og bidrar til at norske miljø hevdar seg godt i konkurransen om internasjonale forskingsmidlar.

I 2019 vart løyvinga på posten auka med 17 mill. kroner for å styrke forskinga på digital tryggleik, samfunnstryggleik og beredskap.

I oktober 2018 la regjeringa fram Meld. St. 4 (2018–2019) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2019–2028. Langtidsplanen inneheld tiårige mål og prioriteringar og tre opptrappingsplanar for perioden 2019–2022. For nærmare omtale av regjeringas forslag til oppfølging av langtidsplanen i 2020 og den samla FoU-innsatsen, sjå del III, kap. 5, i Prop. 1 S for Kunnskapsdepartementet.

I Langtidsplanen for forsking og høgare utdanning har regjeringa vedteke opptrappingsplanen Teknologiløft, som bl.a. skal nyttast til å styrke forskinga på digitaliseringa i samfunnet.

Aukande digitalisering fører til endringar i risikobileta i samfunnet. Sårbarheita aukar bl.a. på bakgrunn av kompleksiteten i IKT-system. Det er nødvendig med meir kunnskap om kva for konsekvensar teknologiutviklinga har for samfunnet. Befolkninga, næringslivet og forvaltninga må ha tillit til at dei digitale tenestene i samfunnet fungerer, og at dei ikkje har ei ukjend, innebygd risiko. Regjeringa vil derfor styrke forskinga på konsekvensane av den digitale utviklinga innan ei rekkje felt, både tekniske, regulatoriske, juridiske, organisasjonsmessige og kulturelle.

På denne bakgrunnen foreslår regjeringa å auke løyvinga på posten med 10 mill. kroner for å styrke forskinga på digital tryggleik og teknologiutvikling.

Styrkinga av posten blir forsterka med 2,5 mill. kroner som blir overførte frå post 23.

Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 56,2 mill. kroner.

Post 70 Overføringer til private

Løyvinga skal dekke tilskot til Norsk senter for informasjonstryggleik (NorSiS), som del av departementet sitt arbeid med å førebu IKT-trygging i sivil sektor.

Vidare skal løyvinga dekke tilskot til Human Rights Service (HRS) på 1,8 mill. kroner, som foreslås overført frå Kunnskapsdepartementets budsjett. Tilskotet skal medverke til å gi betre kunnskap om innvandring og integrering i befolkninga, inkludert kunnskap om moglegheiter og utfordringar i denne samanhengen. Jamfør elles liknande tilskot til andre organisasjonar med dels same føremål, omtala i Kunnskapsdepartementet sin fagproposisjon under kap. 291, post 71. Regjeringa foreslår på denne bakgrunn å auke løyvinga på kap. 400, post 70 med 1,8 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon av løyvinga på kap. 291, post 71.

Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 12,3 mill. kroner.

Post 71 Tilskudd til internasjonale organisasjoner

Løyvinga skal dekke Noregs tilskot/kontingentar til internasjonale organisasjonar og samarbeid på saksområda til Justis- og beredskapsdepartementet, i hovudsak desse:

  • Den internasjonale domstolen i Haag

  • Haagkonferansen for internasjonal privatrett

  • World Intellectual Property Organization (WIPO)

  • Det internasjonale instituttet i Roma for einsarta privatrett (UNIDROIT)

  • The Group of States Against Corruption (GRECO)

  • tilskot til Rådssekretariatet og Fellesorganet i samband med Schengen-samarbeidet

  • Interoperability Solutions for European Public Administration (ISA)

  • Austersjøområdet

  • Sikrare internett pluss

  • Nordisk samarbeidsråd for kriminologi

  • finansielt bidrag til kommisjonen for deltaking i Schengen-komiteane

  • The European Network and Information Security Agent (ENISA)

Regjeringa foreslår ei løyving på 14,9 mill. kroner.

Kap. 3400 Justis- og beredskapsdepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Betegnelse

Regnskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Diverse inntekter

4 654

5 483

5 631

02

Refusjon av ODA-godkjente utgifter

1 241

1 000

Sum kap. 3400

5 895

5 483

6 631

Post 01 Diverse inntekter

Post 01 blir nytta til å føre inntekter frå departementets eiga kantinedrift i Nydalen, refusjonar knytte til departementets rolle som programpartnar i EØS-midlane og ymse inntekter. Desse inntektene varierer årleg. Refusjonar frå Utanriksdepartementet for den ODA-godkjende delen på 3 pst. av bidraget til World Intellectual Property utgjer om lag 100 000 kroner av inntektene.

Regjeringa foreslår at meirinntektene på kap. 3400, post 01, kan nyttast til å overskride løyvinga på kap. 400, post 01, tilsvarande, jf. forslag til vedtak.

Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 5,6 mill. kroner.

Post 02 Refusjon av ODA-godkjente utgifter

Visse utgifter knytte til reintegrering av personar som blir returnerte til opphavslandet eller til tredjeland og tiltak som bidrar til samarbeid om retur, returavtalar, oppbygging av migrasjonsforvaltninga i sentrale opphavs- og transittland og velordna migrasjon, kan godkjennast som offisiell internasjonal bistand ifølgje statistikkdirektiva til OECD/DAC.

Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 1 mill. kroner, jf. omtale under kap. 400, post 23.

Programkategori 06.20 Rettsvesen

Utgifter under programkategori 06.20 fordelt på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Betegnelse

Regnskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

Pst. endr. 19/20

01–25

Driftsutgifter

2 956 570

2 998 070

3 068 127

2,3

Sum kategori 06.20

2 956 570

2 998 070

3 068 127

2,3

Utgifter under programkategori 06.20 fordelt på kapitler

(i 1 000 kr)

Kap.

Betegnelse

Regnskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

Pst. endr. 19/20

61

Høyesterett

111 387

112 195

116 138

3,5

410

Domstolene

2 593 731

2 619 299

2 683 505

2,5

414

Forliksråd og andre domsutgifter

251 452

266 576

268 484

0,7

Sum kategori 06.20

2 956 570

2 998 070

3 068 127

2,3

1 Innleiing

Programkategori 06.20 omfattar Høgsterett, lagmannsrettane, tingrettane, Oslo byfutembete, jordskifterettane, forliksråda, Finnmarkskommisjonen, Utmarksdomstolen for Finnmark og Domstoladministrasjonen.

1.1 Straffesakskjeda

Domstolane er det andre leddet i straffesakskjeda og får tilsendt saker frå påtalemakta. Dei alminnelege domstolane har ansvar for å vareta rettstryggleiken ved å avseie dommar og treffe avgjerder i straffesaker innan rimeleg tid og med høg kvalitet. Dette stiller krav til effektivitet og god saksflyt i domstolane.

Mål for gjennomsnittleg saksbehandlingstid for både straffesaker og sivile saker (tvistesaker) blir vedtekne årleg gjennom Stortingets behandling av Prop. 1 S. I tillegg er det enkelte lovbestemte fristar.

Målet for programkategori 06.20 Rettsvesen er:

  • ei meir effektiv straffesakskjede

1.2 Sivile saker

Dei alminnelege domstolane behandlar òg sivile saker, under dette tvistesaker, gjeldsordningssaker, konkurssaker, skiftesaker, skjønnssaker, mellombels sikring m.m. Forliksråda er eit rimeleg og effektivt tvisteløysingsorgan som meklar mellom partar i sivile saker og kan avseie dom i enkelte saker. Ein stor del av sakene blir endeleg avgjorde i forliksrådet. Avgjerder frå forliksråd kan bringast inn for tingretten. Jordskiftedomstolane er særdomstolar som behandlar ei rekkje spørsmål knytte til fast eigedom etter jordskiftelova. Jordskifteretten er første instans, og lagmannsretten er ankeinstans. Finnmarkskommisjonen skal greie ut bruks- og eigarrettar til den grunnen som Finnmarkseigedommen overtok då Finnmarkslova tok til å gjelde 1. juli 2006. Utmarksdomstolen for Finnmark er ein særdomstol som behandlar tvistar som kan oppstå etter at Finnmarkskommisjonen har greidd ut rettsforholda i eit område.

2 Prioriteringar i budsjettet

Regjeringa foreslår desse prioriteringane i 2020-budsjettet innanfor programkategori 06.20:

  • 36 mill. kroner til vidareføring av prosjektet Digitale domstolar, der alt av saksbehandlinga i utvalte tingrettar, alle lagmannsrettane og Høgsterett skal digitaliserast. Totalt vil det vere løyvd 141 mill. kroner i investeringsmidlar til prosjektet sidan 2017.

  • Gevinstar frå prosjektet Digitale domstolar er talfesta til om lag 32 mill. kroner i 2020. Det blir foreslått at domstolane beheld desse gevinstane. Gevinstane skal nyttast til å styrke kapasiteten i domstolane ytterlegare og dekke høgare driftsutgifter (lagring, vedlikehald m.m.) i samband med realiseringa av prosjektet.

  • 8,1 mill. kroner til tilpassing av domstolanes IKT-system knytt til innføring av ny arvelov.

  • 4,4 mill. kroner til domstolane og 3,6 mill. kroner til politi- og påtalemakta til vidareføring av prosjektet med hurtigbehandling av straffesaker i Oslo.

  • 2 mill. kroner til vidareføring av prøveprosjektet med opptak i retten .

  • 0,5 mill. kroner til auka utgreiararkapasitet i Høgsterett .

  • 1 mill. kroner til vakthald og sikring i Høgsterett.

3 Domstolskommisjonen

Regjeringa sette i 2017 ned eit utval for å greie ut om korleis domstolane bør organiserast for å vere best mogleg rusta til å vareta forventningar om effektivitet og kvalitet i tillegg til sjølvstende gjennom endra samfunnstilhøve. Utvalet skal identifisere kva for sentrale utfordringar domstolane står overfor i åra som kjem.

Utgreiinga skal sikte på ei organisering og oppgåveløysing som er fleksibel, sikrar openheit og tilgjengelegheit og set domstolane i stand til å møte framtidig endring i samfunnet. Domstolane må òg rekruttere godt, og ha fagleg og organisatorisk utvikling. Utvalet skal undersøke korleis desse omsyna er varetekne i dag.

Utvalet framskunda utgreiinga om struktur og leverte delutgreiinga 1. oktober 2019. Utvalet skal leggje fram endeleg utgreiing i august 2020.

4 Regelutvikling

Regjeringa ønskjer gode reglar som bidrar til at saker blir avvikla effektivt og med høg kvalitet. Departementet har arbeidd med endringar i dei to sentrale prosessregelverka tvistelova og straffeprosesslova for bl.a. i større grad å leggje til rette for meir effektiv domstolsbehandling.

4.1 Endringar i straffeprosesslova

Ein god straffeprosess skal bidra til kvalitet, effektivitet og rettstryggleik i rettsstellet, og skal opne for rasjonell bruk av moderne informasjonsteknologi. Prosessordninga må vere tilpassa mangfaldet av saker som den teknologiske utviklinga, den sosiale mobiliteten og samfunnsutviklinga elles gir opphav til.

Regjeringa oppnemnde i 2014 straffeprosessutvalet, som fekk i oppdrag å utarbeide ei ny straffeprosesslov. Utgreiinga vart levert i november 2016, NOU 2016: 24 Ny straffeprosesslov har vore på høyring og er no til oppfølging i departementet. Regjeringa vil følgje opp fleire av endringsforslaga frå NOU 2016: 24 og andre viktige reformer innan straffeprosessen med endringar i den gjeldande straffeprosessloven.

Regjeringa har starta delar av straffeprosesslovarbeidet. I statsråd 21. juni 2019 vart Stortingets vedtak til lov om endringer i straffeprosessloven mv. (ankesiling m.m.) sanksjonert, sjå Prop. 53 L (2018–2019). Lovendringa medfører at òg ankar i dei mest alvorlege straffesakene skal takast med i dagens silingsordning og behandlast på same måte som straffesaker med lågare strafferamme. Grunnen er at arbeidet til lagmannsrettane bør konsentrerast om saker der det er mogleg at ny full behandling vil føre til eit anna resultat. Forslaget vil effektivisere ankebehandlinga og redusere saksbehandlingstidene. Det planleggast for at endringa skal tre i kraft 1. januar 2020.

Regjeringa sende 21. juni 2018 på høyring forslag om å stramme inn fristen for framstilling av varetektsfengsla personar. Høyringsfristen var 1. oktober 2018, og saka er til behandling i departementet. Fleirtalet av høyringsinstansane var positive til endringsforslaget.

4.2 Endringar i tvistelova

Regjeringa sende 12. juli 2018 på høyring forslag til endringar i tvistelova. Høyringsfristen var 20. oktober 2018.

Bakgrunnen for forslaga i høyringsnotatet er å fremme formålet med tvistelova, det vil seie forsvarleg og effektiv saksbehandling. Dette inneber òg betre proporsjonalitet ved at saksbehandlinga og sakskostnadene skal stå i eit rimeleg forhold til betydinga av saka og verdien av tvistegjenstanden. Høyringssvara er i all hovudsak positive til endringar med siktemål om ein meir effektiv domstolsprosess med lågare sakskostnader.

Regjeringa har avgjort å forsere delar av arbeidet og har fremma Prop. 133 L (2018–2019) for Stortinget. I proposisjonen foreslår regjeringa å heve verdigrensene i tvistelova for obligatorisk forliksrådsbehandling frå 125 000 kroner til 200 000 kroner og behandling etter småkravsprosess og ankeretten i saker med formuesverdiar frå 125 000 kroner til 250 000 kroner.

Regjeringa planlegg å sende ut eit nytt høyringsnotat som bl.a. omhandlar forslag om eit meir spissa lovforslag der lagmannsrettane får noko større rett til å sile sivile saker. Regjeringa tek sikte på å fremme ein proposisjon om endringar i tvistelova i 2020.

4.3 Ny arvelov

Stortinget har vedteke Prop. 107 L (2017–2018) Lov om arv og dødsboskifte (arveloven). Lova blei sanksjonert 14. juli 2019 (Lovvedtak 55 (2018–2019)). Arvelova er ei ny lov på nærmare 200 føresegner som gir ei samla og modernisert regulering av arv og dødsbuskifte. Lova styrker blant anna stillinga til livsarvingane og gir meir fleksible reglar for den som vil testamentere større eigendelar. Lova er utarbeidd som ein del av Klarspråk-prosjektet og utvikla med tanke på borgarane sin eigen bruk av lova.

Lova tek til å gjelde frå den tid Kongen fastset. Det å sette lova i kraft krev enkelte endringar i domstolanes IKT-system, og regjeringa foreslår å løyve 8,1 mill. slik at lova kan settast i kraft i 2020.

4.4 Utgreiing av særdomstol for barne- og familiesaker

Regjeringa har avgjort korleis særdomstolsutvalet sitt forslag i NOU 2017: 8 Særdomstoler på nye områder? skal følgjast opp. For å styrke fagkompetansen skal det arbeidast vidare med å samle foreldretvistane og rettsleg overprøving av barnevernssakene i nokre tingrettar. Oppfølginga vil inngå som del av arbeidet til Domstolkommisjonen og regjeringa si oppfølging av dette. Fylkesnemndene består som forvaltningsorgan som fattar vedtak i barnevernssakene. Det blir ikkje innført lovbestemte obligatoriske kompetansekrav for dommarar i tilknyting til desse sakene.

Kap. 61 Høyesterett

(i 1 000 kr)

Post

Betegnelse

Regnskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Driftsutgifter

111 387

112 195

116 138

Sum kap. 0061

111 387

112 195

116 138

I 2018 kom det fleire ankar over dom i sivile saker til Høgsterett enn året før, ein auke på 6 pst. (frå 393 saker i 2017 til 416 saker i 2018). Av ankar over dom i straffesaker fekk Høgsterett inn omtrent like mange saker i 2018 som året før (403 saker i 2018 mot 407 i 2017).

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga dekker faste og variable lønnskostnader og andre driftsutgifter som følgjer av verksemda til Høgsterett. Bemanninga i Høgsterett utgjorde 20 høgsterettsdommarårsverk og 55 andre årsverk per 1. juli 2019. Det blir foreslått å auke løyvinga med 1,3 mill. kroner som følgje av lønnsauken for dommarar i Høgsterett med verknad frå 1. oktober 2018, jf. omtale i Innst. 154 S (2018–2019).

Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2020 får fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 61, post 01 mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3061, post 03, jf. forslag til vedtak.

Det blir foreslått å auke løyvinga med 0,5 mill. kroner for å utvide utgreiareininga med éin person (halvårseffekt). Vidare blir det foreslått å auke løyvinga med 1 mill. kroner for at Høgsterett kan oppretthalde dagens nivå på vakthald og sikring.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 116,1 mill. kroner.

Kap. 410 Domstolene

(i 1 000 kr)

Post

Betegnelse

Regnskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Driftsutgifter

2 509 467

2 540 629

2 596 717

21

Spesielle driftsutgifter

81 265

71 935

84 135

22

Vernesaker/sideutgifter, jordskiftedomstoler, kan overføres

2 999

6 735

2 653

Sum kap. 0410

2 593 731

2 619 299

2 683 505

Domstolane er uavhengige. Verken Stortinget, regjeringa eller andre myndigheiter kan instruere eller påverke domstolane i den dømmande verksemda. Domstoladministrasjonen har ansvar for å vareta og støtte opp under domstolane og sjølvstendet til dommarane. Domstolane skal avgjere dei sakene dei får til behandling, forsvarleg og til rett tid.

Domstoladministrasjonen er den sentrale administrasjonen av domstolane og jordskifterettane i Noreg. Domstoladministrasjonen har det overordna administrative ansvaret for domstolane og skal arbeide for at domstolane til ein kvar tid møter krava og forventningane samfunnet stiller til dei. Domstoladministrasjonen fordeler ressursane til domstolane.

Retningslinjer for Domstoladministrasjonen

Stortinget fastset rammer og mål for budsjett og lover for verksemda i domstolane.

Nedanfor følgjer Justis- og beredskapsdepartementets forslag til generelle retningslinjer for verksemda til Domstoladministrasjonen for 2020.

Domstoladministrasjonen skal

  • leggje til rette for brukarorientering og utvikling i domstolane som gir reell tilgang til domstolane og riktige avgjerder til rett tid

  • sørge for effektiv ressursutnytting gjennom felles praksis og større satsing på aktiv saksstyring og utnytte moglegheitene til effektiv saksavvikling som allereie ligg i lovverket

  • leggje til rette for systematisk kvalitetsutvikling

  • leggje til rette for at domstolane oppfyller Stortingets mål for gjennomsnittleg saksbehandlingstid

  • sørge for sikre og stabile IKT-løysingar i ein digital rettsprosess

  • sikre systematisk og målretta rekruttering og kompetanseutvikling for leiarar og medarbeidarar i domstolane og Domstoladministrasjonen

  • sikre at oppgåveløysinga i domstolane skjer i forsvarleg trygge rammer

  • sikre eit godt avgjerdsgrunnlag for regjeringa og Stortinget.

Mål for saksbehandlingstid i tingrettane og lagmannsrettane

Måla for gjennomsnittleg saksbehandlingstid i tingrettane og lagmannsrettane for både straffesaker og sivile saker (tvistesaker) blir vedtekne årleg gjennom Stortingets behandling av Prop. 1 S. Måla gjeld samla for domstolane og for kvar enkelt domstol.

Gjennomsnittleg saksbehandlingstid og talet på domstolar som er utanfor eitt eller fleire av Stortingets mål har vore relativt stabilt over fleire år. Ei ny utvikling er at talet på innkomne saker til tingrettane, både straffesaker og sivile saker, har gått ned dei siste to åra. Talet på innkomne saker steig i perioden frå 2010 til 2016. Det er for tidleg å seie om nedgangen i innkomne saker er uttrykk for årleg variasjon eller ein meir langvarig trend. Ifølgje Domstoladministrasjonen har både sivile saker og straffesaker blitt meir komplekse og omfattande. Høgsterett framhevar at rettskjeldebiletet stadig blir meir komplekst og internasjonalt.

Tabell 2.2 Stortingets mål for gjennomsnittleg saksbehandlingstid

Mål for gjennomsnittleg saksbehandlingstid

Mål i månader

Tingrettane

Lagmannsrettane

sivile saker (tvistesaker)

6

6

straffesaker (meddomsrettssaker)

3

3

straffesaker (einedommarsaker)

1

Boks 2.1 Stortinget har sett mål for domstolane i desse sakstypane

Tingrettane

Sivile saker:

  • Tvistesaker: rettsleg (sivil) tvist som normalt blir behandla etter reglane i tvistelova

Straffesaker:

  • Meddomsrettssaker: ordinære straffesaker der både skuld og straff skal avgjerast. Retten blir sett med éin fagdommar og to meddommarar.

  • Einedommarsaker: avgjerder i straffesaker (inkludert avgjerder som er tekne under etterforskinga) som blir avgjorde av éin dommar.

Lagmannsrettane

Sivile saker:

  • Anke over dom i tvistesak: ein sivil dom som blir anka.

Straffesaker:

  • Meddomsrettssaker – bevisanke1: straffesaker ved anke over skuldspørsmålet. Retten blir sett med to fagdommarar og fem meddommarar.

  • Meddomsrettssaker – avgrensa anke: straffesaker ved anke over straffutmålinga i saker med strafferamme på over seks år. Retten blir sett med to fagdommarar og fem meddommarar.

  • Fagdommarsaker: straffesaker ved anke over straffeutmålinga i saker med strafferamme på inntil seks år pluss straffesaker ved anke over lovbruk eller saksbehandling (uansett strafferamme). Retten blir sett med tre fagdommarar.

1 Tidlegare vart desse sakene med strafferamme på over seks år avgjorde av ein jury (lagrettesaker med tre fagdommarar og ti lagrettsmedlemmer), og sakene med strafferamme på inntil seks år avgjorde med ein meddomsrett med tre fagdommarer og fire meddommarar. Juryordninga vart avvikla 1. januar 2018. Med lovendringa blir alle straffesaker i lagmannsretten, med unntak av fagdommarsakene, avgjorde av ein meddomsrett med to fagdommarar og fem meddommarar. Saker som vart anka til lagmannsretten før 1. januar 2018 følgde den gamle ordninga. Saker som blir anka seinare blir behandla i tråd med dei nye reglane. Etter 31. desember 2018 har alle ankesaker blitt behandla i tråd med dei nye reglane.

Riksrevisjonen gjennomfører ei undersøking av saksbehandlingstid og effektivitet i tingrettane og lagmannsrettane. Dei skal leggje fram rapporten 22. oktober 2019.

Regjeringa viser til oppmodingsvedtak nr. 94, 4. desember 2018 der «Stortinget ber regjeringen sørge for at domstolene er organisert og finansiert på en måte som ivaretar de krav borgerne etter Grunnloven og EMK har på å få avgjort sine saker for domstolene innen rimelig tid». Regjeringa er samd i at det er viktig å sørge for gode og effektive domstolar. Det er sett i verk mange tiltak for å sikre det, bl.a. lovprosessar, digitalisering, endring av organisering og å setje ned Domstolkommisjonen. Vedtaket er følgt opp.

Straffesaker i tingrettane og lagmannsrettane

Gjennomsnittleg saksbehandlingstid i meddomsrettssaker i tingrettane gjekk ned frå 3,3 md. i 2017 til 3,2 md. i 2018 (sjå figur 2.1), men oversteig Stortingets mål på 3 md. Av tingrettene var 27 domstolar utanfor målsetjinga om saksbehandlingstid på 3 md. Det er to færre enn i 2017. Samstundes fekk tingrettane 3 pst. færre innkomne meddomsrettssaker i 2018 samanlikna med 2017. Tingrettane avvikla nokre fleire saker enn det kom inn, og dette bidrog til ein liten reduksjon i behaldninga av meddomsrettssaker ved årsskiftet 2018/2019 samanlikna med året før.

Alle tingrettane, unnateke éin, nådde Stortingets mål i einedommarsaker. Gjennomsnittleg saksbehandlingstid i einedommarsaker har vore stabil på om lag 0,4 md. over tid.

Ingen av lagmannsrettane nådde Stortingets mål for ankar over dom i straffesak. Det har vore krevjande å nå målet på 3 md. Det vil bli vurdert å endre målet. Gjennomsnittleg saksbehandlingstid i straffesaker i lagmannsrettane gjekk noko ned i 2018, etter ein auke i saksbehandlingstida i straffeankane fram til 2017 (sjå figur 2.2).

Figur 2.1 Gjennomsnittleg saksbehandlingstid i tingrettane (2014–2018)

Figur 2.1 Gjennomsnittleg saksbehandlingstid i tingrettane (2014–2018)

Figur 2.2 Gjennomsnittleg saksbehandlingstid i lagmannsrettane (2014–2018)

Figur 2.2 Gjennomsnittleg saksbehandlingstid i lagmannsrettane (2014–2018)

I tillegg til at Stortinget har fastsett mål for gjennomsnittleg saksbehandlingstid, har straffeprosesslova § 275 fristar for saksbehandlinga i straffesaker. I saker der den sikta var under 18 år på handlingstidspunktet, eller er varetektsfengsla når saka blir fastsett i tid og stad, gjeld særskild frist for når hovudforhandlinga skal starte opp. I 2018 vart 51 pst. av fristsakene i tingrettane og 18 pst. av fristsakene i lagmannsrettane starta opp innan lovfristen, mot høvesvis 55 pst. og 24 pst. i 2017.

Tvistesaker i tingrettane og lagmannsrettane

Tingrettane held seg samla sett innanfor Stortingets mål for gjennomsnittleg saksbehandlingstid i tvistesaker (sjå figur 2.1). Den samla gjennomsnittlege saksbehandlingstida i tvistesaker var på 5,5 md. i 2018, ein auke på 0,3 md. frå 2017. Dei fleste tingrettane når Stortingets mål for saksbehandlingstid i tvistesaker. I 2018 var det ein reduksjon i talet på innkomne tvistesaker på 6 pst. Tingrettane behandla fleire saker enn det kom inn i 2018, og behaldninga av saker vart redusert.

Gjennomsnittleg saksbehandlingstid for anke over dom i sivile saker i lagmannsrettane gjekk noko ned frå 2017 til 2018, frå 6,4 md. til 6,3 md. (sjå figur 2.2). Talet på ankar over dom i sivile saker gjekk noko ned i 2018 samanlikna med året før. Lagmannsrettane har behandla færre saker enn det kom inn, og behaldninga av saker har vakse.

Domstolsstruktur og organisering

Regjeringa ønskjer eit likeverdig domstolstilbod i heile landet. Regjeringa vil styrke moglegheita domstolane har til å vidareutvikle eigen kompetanse og kvalitet, betre ressursutnyttinga i domstolane og gjere domstolane betre eigna til å tilpasse seg variasjonar i saksmengd og type. Dagens domstolsstruktur hindrar effektiv utnytting av ressursane i domstolane. Mange av tingrettane i landet har lita saksmengd og få tilsette. Det er avgrensa moglegheiter til å fordele om ressursar til domstolar med lang saksbehandlingstid eller til nye viktige tiltak. Det er stor variasjon i saksinngangen, ikkje berre mellom domstolane, men også i ein og same domstol frå eitt år til eit anna. Det er krevjande å tilpasse kapasiteten til såpass store endringar i saksmengda med ein lite fleksibel og sårbar domstolsstruktur. Regjeringa fekk Domstolkommisjonens delutgreiing om struktur 1. oktober 2019.

Innstillingsrådet for dommarar varsla i 2018 om at rekrutteringa til norske domstolar er ei utfordring fordi det ved fleire utlysingar er for få kvalifiserte søkarar. Dette gjeld særleg jordskifterettane, alminnelege dommarembete i mindre sentrale strøk og embete som domstolsleiar. I fleire tilfelle har det ikkje vore mogleg å oppfylle krava i domstollova om å innstille tre kvalifiserte søkarar til eit embete. Større domstolar med større fagmiljø og høve for moderat spesialisering kan vere meir attraktive, og dermed betre rekrutteringsgrunnlaget.

Figur 2.3 Saksinngang meddomsrettssaker 2018 vs. 2017 (prosentvis endring)

Figur 2.3 Saksinngang meddomsrettssaker 2018 vs. 2017 (prosentvis endring)

Figur 2.4 Saksinngang tvistesaker 2018 vs. 2017 (prosentvis endring)

Figur 2.4 Saksinngang tvistesaker 2018 vs. 2017 (prosentvis endring)

Frå 1. januar 2019 vart fire tingrettar slått saman til éin tingrett: Vestfold tingrett. Det var eit lokalt initiativ som førte til samanslåinga. Våren 2019 inngjekk Fredrikstad tingrett, Halden tingrett, Sarpsborg tingrett og Moss tingrett på tilsvarande måte ein avtale om å slå seg saman til éin tingrett. Det same gjorde Nedre Romerike tingrett og Øvre Romerike tingrett. Forslag om samanslåing i Østfold og på Romerike har vore på høyring. Det blir teke sikte på å gjennomføre samanslåingane i løpet av 2020/2021. Domstoladministrasjonen og departementet vil halde fram med å følgje opp lokale prosessar om endringar i domstolsstrukturen. Samanslåing av domstolar vil bli vedteken om det er lokal semje, og der det er andre særlege grunnar til det.

Frå 2017 har det blitt etablert fleire faste ordningar med felles leiing. Felles leiing inneber at ein domstolleiar leier meir enn éin domstol. Erfaring viser at felles leiing bl.a. gir redusert sårbarheit, potensial for betre ressursutnytting og meir effektiv saksavvikling, samstundes som kontorstadene kan oppretthaldast. Per 1. oktober 2019 er det etablert fast felles leiing for til saman 15 tingrettar med syv sorenskrivarar og fem faste felles jordskifterettsleiarar for til saman ti jordskifterettar. I tillegg har styret i Domstoladministrasjonen vedteke felles leiing i ytterlegare fire tingrettar. Når domstolleiarstillingar i tingrettar og jordskifterettar blir ledige, vurderer Domstoladministrasjonen i kvart enkelt tilfelle om vilkåra for felles leiing er til stades.

Domstoladministrasjonen har vedteke å samle rekneskaps- og lønnsfunksjonane for domstolane i Trondheim. Arbeidet med etableringa av eininga er sett i gang i 2019. Overføringa av oppgåvene frå domstolane til eininga vil starte i 2020 og bli gjennomført i løpet av 2021. Utgreiinga har avdekt at det er mogleg å effektivisere og redusere kostnader bl.a. ved (1) å redusere mengda papirbilag og manuelt arbeid gjennom digitalisering av prosessar og automatisering av kontrollar og (2) ved å etablere ein meir effektiv tenesteproduksjon i ei større eining.

Avvikling av juryordninga

Juryordninga er no avvikla. I 2018 var det ei overgangsordning, og den siste jurysaka vart gjennomført. Frå 1. januar 2019 blir alle bevisankar og avgrensa ankar behandla i lagmannsretten med meddomsrett med to fagdommarar og fem meddommarar. Lovendringane vil spare ressursar for lagmannsrettene på sikt, og domstolane beheld desse gevinstane.

Prosjekt for hurtigbehandling av straffesaker i Oslo tingrett

I september 2016 starta eit toårig prosjekt med hurtigbehandling av straffesaker i Oslo. Ein evalueringsrapport frå mars 2019 viser at prosjektet er vellukka. Regjeringa vil, ifølgje Granavold-plattforma, at prosjektet skal halde fram og utvidast til fleire domstolar. Regjeringa forlenger prosjektet i Oslo ut 2020, og vil deretter vurdere utviding til andre tingrettar i landet.

Hurtigbehandlinga gjeld straffesaker der det er fare for unndraging og bevisbiletet er klart. Dette gjer at fleire straffesaker kan gjennomførast utan utsetjing, og fleire straffbare handlingar blir straffeforfølgde. Dommane blir avsagde i Oslo tingrett kort tid etter pågriping, og det blir raskt avgjort om ein eventuell anke skal behandlast i Borgarting lagmannsrett. Straffa blir sona rett etter rettskraftig dom, med frådrag for tida i varetekt. Er utvisingsvedtak med innreiseforbod aktuelt, blir det raskt gjort vedtak om dette, og den dømde blir returnert ut av landet. Dermed kjem utanlandske lovbrytarar raskare ut av landet, og ein hindrar nye brotsverk i Noreg.

I 2020 kostar prosjektet totalt 8 mill. kroner, der 4,4 mill. kroner er knytte til større ressursbehov i Oslo tingrett og Borgarting lagmannsrett. Dei resterande kostnadene på 3,6 mill. kroner er knytte til meirarbeid i politi- og påtalemakta. Sjå omtale under programkategori 06.40.

Digitalisering av domstolane

Regjeringa moderniserer domstolane. Moderniseringa skjer gjennom utvikling av nye arbeidsmåtar i domstolane og digital kommunikasjon med publikum og andre aktørar i straffesakskjeda. Domstolane går gjennom eit digitalt skifte, bl.a. synleggjort gjennom prosjektet Digitale domstolar. Dette vil føre til ei vesentleg effektivisering av domstolane og bidra til å redusere saksbehandlingstida i domstolane. Arbeidet er viktig for å oppretthalde høg kvalitet i saksbehandlinga til domstolane, noko som igjen er viktig for at befolkninga skal ha tillit til domstolane. Samfunnet forventar digitale arbeidsmåtar og tenester i møte med offentlege verksemder.

Sentralt i arbeidet med digitalisering er prosjekta Digitale domstolar, Elektronisk samhandling i straffesakskjeda (ESAS, tidlegare kalla Stifinnar II) og Opptak i retten (lyd- og biletopptak i retten). Prosjektet «Etablering av saksbehandlingssystem i domstolane» er ferdigstilt og har vore eit viktig grunnlag for det omfattande digitaliseringsarbeidet domstolane no er inne i.

Digitale domstolar vart sett i gang i 2017. Prosjektet strekkjer seg over totalt seks år (frå 2017 til 2022). Prosjektet omfatta i første omgang dei tolv største tingrettane, lagmannsrettane og Høgsterett. I tillegg er domstolar der det er avgjort å innføre permanent felles leiing eller avgjort samanslåing, fasa inn i satsinga. Dette gjer at fleire domstolar enn det som opphaveleg var planen, deltek i prosjektet. På sikt er det naturlig at alle domstolane bli del av prosjektet Digitale domstolar. Domstolane som er omfatta av prosjektet, skal få på plass ein fulldigital (papirlaus) rettsprosess innan seks år.

I 2019 er arbeidet intensivert med å utvikle nye digitale arbeidsformer som støttar ein heildigital rettsprosess. Det er òg investert mykje i utstyr for å støtte saksbehandlinga i domstolane og i rettssalane for å auke kapasiteten til å gjennomføre digitale rettsmøte. Arbeidet med å utvikle og ta i bruk løysingar som sikrar god elektronisk samhandling med sentrale aktørar har vore ei hovudsatsing. Frå september 2018 vart det obligatorisk for advokatar å bruke Aktørportalen for å kommunisere digitalt med domstolane innan verkeområdet til portalen. Bruk av Aktørportalen inneber at domstolane kan samhandle elektronisk med advokatar i sivile saker, og at advokatar kan sende inn salærkrav elektronisk i straffesaker.

Prosjektet Digitale domstolar vil gi samfunnsøkonomiske gevinstar, både for domstolane og for andre aktørar.

Domstolane er avhengige av ei stor mengd teknisk utstyr i den daglege drifta. Domstolane har framleis etterslep på investeringar i teknisk utstyr.

Lyd- og biletopptak under hovudforhandlinga vil styrke høvet til å etterprøve rettsforhandlingane, og dermed styrke rettstryggleiken. Domstoladministrasjonen har sidan 2016 hatt eit prøveprosjekt med lyd- og biletopptak. Formålet er å finne fram til gode og rimelege tekniske løysingar og gode arbeidsprosessar for å kunne vurdere å innføre lyd- og biletopptak ved alle domstolane i landet. Eit offentleg utval har i NOU 2016: 24 Ny straffeprosesslov foreslått å innføre lyd- og biletopptak under hovud- og ankeforhandlingar i straffesaker. Prøveprosjektet vil gi nyttig informasjon i straffeprosessarbeidet.

Prøveprosjektet har omfatta Nord-Troms tingrett og Hålogaland lagmannsrett. I 2019 vart prosjektet utvida til å omfatte Gulating lagmannsrett og Jæren tingrett. Utvidinga vil sikre betre erfaringsgrunnlag knytt til gjenbruk av forklaringar ved at opptak av forklaringar som vart gitt under hovudforhandlinga, kan bli spelte av, i staden for at ein har direkte forklaringar i ankeforhandlinga.

Ein føresetnad for slik avspeling i prøveprosjektet med lyd- og biletopptak var lov- og forskriftsendringar som tok til å gjelde hausten 2018, jf. Prop. 63 L (2017–2018) Endringer i straffeprosessloven og tvisteloven (opptak og gjenbruk av forklaringer i retten mv.). Gjenbruk av forklaringar utfordrar sentrale prinsipp i norsk prosessrett, som direkte bevisføring. Det er derfor gode grunnar til at ein samlar erfaring over tid før dette vurderast innført i større omfang.

Prosjektet Elektronisk samhandling mellom aktørane i straffesakskjeda (ESAS) har i løpet av 2017 og 2018 etablert ein effektiv, sikker og robust digital felleskomponent for utveksling av data (Justishub) innan straffesakskjeda. Prosjektet vart gjennomført i tett samarbeid mellom Domstolsadministrasjonen, Kriminalomsorgsdirektoratet og Politidirektoratet (som også varetar behovet til Den høgare påtalemakta).

Etableringa av Justishub legg til rette for ei meir effektiv straffesakskjede og auka rettstryggleik. Regjeringa foreslår å løyve 30 mill. kroner i 2020 til å koble fleire sentrale verksemder i straffesakskjeda på Justishub og å utvikle nye løysingar som gjer det mogleg å utveksle strukturert informasjon mellom fagsystem for valde arbeidsprosessar, jf. omtale under kategori 06.40.

Skuldevne, samfunnsvern og rettspsykiatrisk sakkunne

Prop. 154 L (2016–2017) Endringer i straffeloven og straffeprosessloven mv. (skyldevne, samfunnsvern og sakkyndighet) følgjer opp utgreiinga frå tilreknelegutvalet og deira utgreiing NOU 2014: 10 Skyldevne, sakkyndighet og samfunnsvern. Lovendringane skal gjere identifiseringa av lovbrytarar som ikkje bør straffast – dei utilreknelege som ikkje kan klandrast for handlingane sine – meir treffsikker. Vidare skal lovendringane styrke samfunnsvernet og auke kvaliteten i rettspsykiatrisk sakkunnigarbeid. Lovforslaget vart vedteken av Stortinget i juni 2019.

Nasjonal eining for rettspsykiatrisk sakkunne (NERS) vart etablert 30. oktober 2018 etter modell av pilotprosjektet ved Kompetansesenteret for tryggleiks-, fengsels- og rettspsykiatri på Brøset. Hovudmandatet til eininga er å formidle sakkunnige av høg kvalitet til påtalemakta og domstolane og å føre statistikk. Per 28. november 2018 har NERS motteke og behandla 1 124 rekvisisjonar frå påtaleeiningar sidan pilotprosjektet starta opp i 2015. Vurderinga er at verksemda så langt fungerer etter formålet.

Rettsmekling

Rettsmekling bidrar til raskare, billigare og meir skånsam tvisteløysing. Partane får sjølv ansvar for å løyse konflikten gjennom mekling og forlik.

Talet på rettsmeklingsmøte har vore relativt stabilt dei siste åra. Det har også talet på saker som er forlikte som resultat av rettsmekling. Delen saker som endar med forlik etter rettsmekling har dei siste åra lege relativt stabilt på rundt 64–66 pst. Det er stor variasjon mellom domstolane når det gjeld talet på rettsmeklingsmøte og forliksprosent. Bl.a. har gode fagmiljø og engasjement for mekling i ein del større domstolar gitt gode resultat.

Av tvistesakene som vart avgjorde i 2018, vart det halde rettsmeklingsmøte i 22 pst. (1 830 saker) i første instans og 8 pst. (143 saker) i andre instans.

Saksavvikling jordskiftedomstolane

Jordskifterettane fekk inn 1 169 saker i 2018. Det er ein reduksjon på 12 pst. samanlikna med 2017. 1 352 saker vart avgjorde, noko som er ein auke på 5 pst. samanlikna med året før. Låg saksinngang og eit høgare tal avgjorde saker gjorde at saksrestansen vart markant redusert (–9 pst.).

Jordskifterettane tok i bruk ny jordskiftelov og nytt saksbehandlingssystem 1. januar 2016. 94 pst. av dei avslutta sakene i 2018 er avvikla i samsvar med ny jordskiftelov. Sakene som er avvikla etter den nye lova (1 259 av 1 352 avgjorde saker), har gjennomsnittleg saksbehandlingstid på 15 md. (464 dagar). Jordskifterettane avviklar i tillegg framleis ein del eldre saker etter gammal jordskiftelov. Basert på tilbakemeldingar frå jordskifterettane vil dei fleste «gamle» sakene vere avvikla innan 2020.

Domstolslokale

Domstoladministrasjonen forvaltar litt meir enn 100 leigeobjekt med om lag 450 rettssalar. Fleire domstolar har lokale som ikkje er formålstenlege. Dette påverkar både brukarar og tilsette, og dermed saksavviklinga i domstolane.

Rehabilitering av Bergen tinghus

Etter konseptvalutgreiing (KVU) og ekstern kvalitetssikring (KS1) avgjorde regjeringa i juni 2017 at rehabilitering av Bergen tinghus og bruk av lokale i tilstøytande bygning skal leggjast til grunn som konseptval for det vidare arbeidet med ny tinghusløysing i Bergen. I første halvår 2018 vart konseptet vidareutvikla fram til ny ekstern kvalitetssikring (KS1 trinn 2). Rapporten frå ekstern kvalitetssikrar (KS1 trinn 2-rapporten) vart overlevert til Justis- og beredskapsdepartementet i mars 2019. Regjeringa har avgjort at forprosjekt for Bergen tinghus ikkje skal gjennomførast i 2019 eller 2020, på grunn av den store mengda byggjeprosjekt som er planlagde i statleg sektor. Departementet skal i samarbeid med Domstoladministrasjonen og Statsbygg vurdere førebelse tiltak (bl.a. sikringstiltak) som skal gjennomførast før byggjeprosjektet ev. kan starte opp. Dersom det er behov, vil løyvinga på 6 mill. kroner løyvd i statsbudsjettet for 2018, som skulle dekke «utgifter i forbindelse med forprosjektering av ny tinghusløysing i Bergen», jf. omtale i Innst. 6 S (2017–2018), bli brukt til førebelse tiltak.

Nytt tinghus i Drammen

I 2016 og 2017 vart det løyvd midlar til utgreiing og forprosjektering av nytt tinghus i Drammen. I 2018 vart det gjennomført ein prosjektavklaringsfase for ny tinghusløysing i Drammen. I 2019 og 2020 blir arbeidet vidareført med eit forprosjekt.

Tryggingstiltak i domstolane

Grunnsikring i domstolane har dei siste åra vore eit prioritert område. Grunnsikring omfattar bl.a. å etablere ei indre sone der berre dommarar og andre tilsette i domstolen kan ferdast fritt, overfallsalarmar og innsyn i rettssalar. Dette vil møte utfordringane i samband med auken i rettssaker med alvorlege brotsverk og høgt konfliktnivå. Overfallsalarm og innsyn i rettssalane er langt på veg etablert i alle domstolar, men soneskilje manglar enno i nokre få lokale. Arbeidet med å ferdigstille grunnsikringa i domstolane vil halde fram i 2020.

I Prop. 62 L (2017–2018) foreslo regjeringa ein generell heimel for tryggingskontroll i domstolane for å klargjere at domstolane har rett til å bruke slik kontroll. Lovendringa vart vedteken i Stortinget og tok til å gjelde frå september 2018.

Per i dag er det permanent tryggleiks- og tilgangskontroll i Høgsterett og Oslo tinghus. Tryggleiks- og tilgangskontroll vil sikre tilsette og brukarar mot at gjenstandar som kan skade andre, f.eks. våpen og eksplosivar, blir innførte. Tiltaket skaper tryggleik for gjennomføring av både straffesaker og sivile saker. Domstoladministrasjonen vurderer å etablere tryggleiks- og tilgangskontroll i fleire store tinghus. Spørsmål knytte til tryggingstiltak i tinghusløysingane i Bergen og Drammen blir vurderte gjennom utgreiingane som er omtalte ovanfor.

Informasjonstryggleik

Domstoladministrasjonen har overordna ansvar for informasjonstryggleik, under dette IKT-tryggleik i domstolane. I 2018 vart det utført ein internrevisjon av styringssystemet for informasjonstryggleik i domstolane og Domstoladministrasjonen. Revisjonen avdekte behov for å setje i verk fleire tiltak for å betre styringssystemet. Med utgangspunkt i strategien for domstolane vil arbeidet med informasjonstryggleik få større vekt, og arbeidet vil vere basert på relevante føringar, standardar og kjende rammeverk.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga dekker alle ordinære driftsutgifter i Domstoladministrasjonen, inkl. faste og variable lønnsutgifter og lønnsutgifter til tilkalla og ekstraordinære dommarar i tingrettane, jordskifterettane og lagmannsrettane.

Bemanninga i Domstoladministrasjonen utgjorde 95 årsverk per 1. juli 2019. Bemanninga ved tingrettane utgjorde 376 dommarårsverk, 161 dommarfullmektigårsverk og 690 andre årsverk per 1. juli 2019. Bemanninga ved lagmannsrettane utgjorde 180 dommarårsverk og 116 andre årsverk per 1. juli 2019. Bemanninga ved jordskifterettane utgjorde 80 dommarårsverk og 149 andre årsverk per 1. juli 2019. Løyvinga skal vidare dekke alle ordinære driftsutgifter og investeringar knytte til dei enkelte domstolane. Løyvinga dekker òg utgifter til Finnmarkskommisjonen, Utmarksdomstolen for Finnmark, Tilsynsutvalet for dommarar og Innstillingsrådet for dommarar.

Det blir foreslått å auke løyvinga med 23,7 mill. kroner som følgje av lønnsauken for dommarer i tingrettane og lagmannsrettene med verknad frå 1. oktober 2018.

Det blir det foreslått å redusere løyvinga med 0,4 mill. kroner mot ein tilsvarande auke av løyvinga over kap. 440, post 01 til vidareføring av JustisCert (justissektoren sitt responsmiljø for å førebyggje og koordinere handteringa av alvorlege IKT-hendingar) .

Det blir foreslått å auke løyvinga med 2 mill. kroner til å behandle saker om tilbakekall av statsborgarskap, jf. omtale under kat. 06.90.

Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2020 får fullmakt til å overskride løyvinga over kap. 410, post 01 mot tilsvarande meirinntekter over kap. 3410, post 02 og 03, jf. forslag til vedtak.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 2 596,7 mill. kroner.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Løyvinga på posten dekker utgifter som etter rettsgebyrlova er inkluderte i rettsgebyret, jf. kap. 3410, t.d. kunngjeringsutgifter, nødvendige utgifter ved tvangsforretningar, registrering m.m. under offentleg bubehandling og forkynning som er nødvendig etter lova. I enkelte saker blir utgifter til meddommarar, vitne og rettsvitne m.m. dekte. Løyvinga dekker òg arbeidsgivaravgift av godtgjersle til meddommarar og tolkar i sivile saker der partane sjølv dekker godtgjersla.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 84,1 mill. kroner.

Post 22 Vernesaker/sideutgifter, jordskiftedomstoler, kan overførast

Jordskiftedomstolane har heimel til å krevje inn sideutgifter i visse saker. Sideutgiftene skal dekke det tekniske arbeidet i desse sakene. Utgiftene skal førast i eigne saksrekneskapar.

Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2020 får fullmakt til å overskride løyvinga over kap. 410, post 22 mot tilsvarande meirinntekter over kap. 3410, post 04, jf. forslag til vedtak.

Det blir foreslått å redusere løyvinga med 4,1 mill. kroner basert på nedgang i kostnader knyta til å krevje inn sideutgiftar i jordskiftedomstolene.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 2,7 mill. kroner.

Kap. 3410 Domstolene

(i 1 000 kr)

Post

Betegnelse

Regnskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Rettsgebyr

332 275

257 022

260 596

02

Saks- og gebyrinntekter jordskiftedomstolene

23 784

23 753

24 390

03

Diverse refusjoner

7 505

1 860

1 910

04

Vernesaker jordskiftedomstolene

2 894

5 916

2 452

Sum kap. 3410

366 458

288 551

289 348

Post 01 Rettsgebyr

Rettsgebyr (R) er eit grunngebyr som dannar utgangspunkt for utrekning av betaling for tenester i offentleg verksemd. Gebyret som blir betalt er sett saman av grunngebyret R og ein multiplikator.

Regjeringa foreslår å auke rettsgebyret (R) frå 1 150 kroner til 1 172 med verknad frå 1. januar 2020. Dette er i tråd med berekna prisvekst for 2020.

Løyvinga på posten dekker inntekter frå gebyrpliktige oppgåver i domstolane i samband med tvistesaker, skjønn, skifte, konkurs, tvangsforretningar m.m.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 260,6 mill. kroner.

Post 02 Saks- og gebyrinntekter jordskiftedomstolene

Løyvinga på posten omfattar inntekter ved at partane i saka betaler gebyr.

Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2020 får fullmakt til å overskride løyvinga over kap. 410, post 01 mot tilsvarande meirinntekter over kap. 3410, post 02, jf. forslag til vedtak.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 24,4 mill. kroner.

Post 03 Diverse refusjoner

Posten dekker refusjonar som blir brutto inntektsførte ved domstolane i første instans og lagmannsrettane, bl.a. refusjonar etter avrekning av energiutgifter m.m.

Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2020 får fullmakt til at meirinntektene over kap. 3410, post 03 kan nyttast til å overskride løyvinga over kap. 410, post 01 tilsvarande, jf. forslag til vedtak.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 1,9 mill. kroner.

Post 04 Vernesaker jordskiftedomstolene

Løyvinga på posten samsvarar med tilsvarande utgifter over kap. 410, post 22.

Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2020 får fullmakt til å overskride løyvinga over kap. 410, post 22 mot tilsvarande meirinntekter over kap. 3410, post 04, jf. forslag til vedtak.

Det blir foreslått å redusere løyvinga med 3,4 mill. kroner basert på nedgang i inntekter knyta til å krevje inn sideutgiftar i jordskiftedomstolene.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 2,5 mill. kroner.

Kap. 414 Forliksråd og andre domsutgifter

(i 1 000 kr)

Post

Betegnelse

Regnskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Driftsutgifter

217 343

227 694

231 486

21

Spesielle driftsutgifter

34 109

38 882

36 998

Sum kap. 0414

251 452

266 576

268 484

Forliksråda tok i 2018 imot 81 125 saker og behandla 76 487. Gjennomsnittleg saksbehandlingstid var 67 dagar. Figur 2.5 viser utviklinga i saksbehandlinga frå 2014 til 2018.

Figur 2.5 Saksavvikling i forliksråda 2014–2018

Figur 2.5 Saksavvikling i forliksråda 2014–2018

Utviklinga over år viser at talet på forliksklagar minkar, men talet gjekk noko opp i 2018. Truleg er dette knytt til ein auke i flyklagesaker i Bærum konfliktråd.

Stortinget vedtok 22. juni 2018 å innføre oppfriskingsadgang av fråværsdommar som er avsagde i forliksrådet. Endringa gjeld frå 1. januar 2019.

Departementet har òg fremma Prop. 133 L (2018–2019) der verdigrensa for obligatorisk forliksrådsbehandling blir foreslått endra frå 125 000 kroner til 200 000 kroner, jf. punkt. 4.2. Forslaget vil føre til anslagsvis 500 fleire saker for forliksråda.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten dekker godtgjersle og tapt arbeidsforteneste til meddommarar, enkelte sakkunnige, vitne, rettsvitne m.m. og reiseutgiftene deira. Vidare dekker løyvinga utgifter til tolkar i sivile saker der partane har krav på tolk. Løyvinga på posten dekker òg utgifter til vitne som møter eller på annan måte gir forklaring til Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker, og nødvendige blodprøver og DNA-testar i arbeidet til kommisjonen.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 231,5 mill. kroner.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Posten dekker utgifter til godtgjersle og køyregodtgjersle til medlemmer av forliksråda og utgifter til nødvendige kompetansehevande tiltak.

Det blir foreslått å auke løyvinga med 1,2 mill. kroner knytt til auka saksinngang i Bærum forliksråd.

Det blir foreslått å redusere løyvinga med 4 mill. kroner basert på forventa utvikling på posten.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 37 mill. kroner.

Programkategori 06.30 Kriminalomsorg

Utgifter under programkategori 06.30 fordelt på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Betegnelse

Regnskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

Pst. endr. 19/20

01–25

Driftsutgifter

5 032 831

4 896 248

5 063 359

3,4

30–49

Nybygg, anlegg m.v.

34 947

55 442

195 036

251,8

60–69

Overføringer til kommuner

73 713

69 000

83 608

21,2

70–89

Overføringer til private

24 544

29 441

30 231

2,7

Sum kategori 06.30

5 166 035

5 050 131

5 372 234

6,4

Utgifter under programkategori 06.30 fordelt på kapitler

(i 1 000 kr)

Kap.

Betegnelse

Regnskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

Pst. endr. 19/20

430

Kriminalomsorgen

4 903 581

4 803 427

5 180 962

7,9

432

Kriminalomsorgens høgskole og utdanningssenter

262 454

246 704

191 272

-22,5

Sum kategori 06.30

5 166 035

5 050 131

5 372 234

6,4

1 Innleiing

Programkategori 06.30 Kriminalomsorga er kap. 430 Kriminalomsorgen og kap. 432 Kriminalomsorgens høgskole og utdanningssenter KRUS.

Kategorien omfattar Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), regionalt nivå med 5 regionadministrasjonar, lokalt nivå med 37 fengsel og 15 friomsorgskontor, 2 senter for narkotikaprogram med domstolskontroll (ND) og Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS. KDI står for den faglege og administrative leiinga av kriminalomsorga.

Kriminalomsorga er eit av dei siste ledda i straffesakskjeda. Kriminalomsorga skal sjå til at dei domstolane dømmer til straff, gjennomfører straffa, og dei skal stille varetektsplassar til disposisjon for politiet. Mengda med oppgåver som kjem til kriminalomsorga, avheng av aktivitetane og prioriteringane til politiet og påtalemakta (programkategori 06.40) og domstolane (programkategori 06.20). Fleire oppklarte saker hos politiet og raskare behandling hos påtalemakta og domstolane vil gi større behov for kapasitet hos kriminalomsorga. Godt tilbakeføringsarbeid, effektiv førebyggjande innsats og meir bruk av administrative sanksjonar vil derimot bidra til å redusere behovet for kapasitet i kriminalomsorga.

Kriminalomsorga gjennomfører straff både i fengsel og i samfunnet. Straffa skal gjennomførast på ein måte som tek omsyn til formålet med straffa, motverkar nye straffbare handlingar, er tryggande for samfunnet og innanfor desse rammene sikrar dei innsette og domfelte tilfredsstillande forhold. Ved varetektsfengsling skal kriminalomsorga leggje forholda til rette for å motverke dei negative følgjene av isolasjon.

Vilkårslaus fengselsstraff blir i utgangspunktet gjennomført i fengsel. I enkelte tilfelle kan kriminalomsorga avgjere at vilkårslaus fengselsstraff skal gjennomførast utanfor fengsel. Dette gjeld overføring frå fengsel til soning i heimen (straffegjennomføringslova § 16 første ledd), straffegjennomføring med elektronisk kontroll (EK) (§ 16 andre ledd), straffegjennomføring gjennom bøteteneste (§ 16 bokstav a), straffegjennomføring i institusjon (§ 12) og straffegjennomføring på sjukehus (§ 13). Kriminalomsorga gjennomfører også straff i samfunnet gjennom narkotikaprogram med domstolskontroll, samfunnsstraff og program mot ruspåverka køyring.

Kap. 430 Kriminalomsorgen

(i 1 000 kr)

Post

Betegnelse

Regnskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Driftsutgifter

4 683 058

4 559 896

4 780 033

21

Spesielle driftsutgifter, kan nyttes under kap. 430 post 01

87 319

89 648

92 054

45

Større utstyrsanskaffelser og vedlikehold, kan overføres

34 947

55 442

195 036

60

Refusjoner til kommunene, forvaringsdømte mv., kan overføres

73 713

69 000

83 608

70

Tilskudd

24 544

29 441

30 231

Sum kap. 0430

4 903 581

4 803 427

5 180 962

Ei god kriminalomsorg krev både rett samansett kapasitet og eit godt og rehabiliterande innhaldsarbeid. Regjeringa har bygd ut ny fengselskapasitet som gir betre soningstilhøve for innsette. Regjeringa har òg sørgd for at soningskøen er sterkt redusert og har i tillegg auka bruken av straffegjennomføring med elektronisk kontroll (fotlenkesoning) som gir den domfelte høve til å behalde bustad og arbeid. Regjeringa har også gjort grep for å tilpasse kapasiteten i kriminalomsorga til behovet. Ei viktig prioritering i åra framover blir å byggje ned vedlikehaldsetterslepet i kriminalomsorga for å oppretthalde viktig kapasitet på høgt tryggingsnivå.

Regjeringa foreslår derfor følgjande større satsingar i 2020:

  • rehabilitering av Ila fengsel og forvaringsanstalt – 22 mill. kroner

  • forprosjektering av nytt Oslo fengsel – 17,5 mill. kroner

  • investeringar i sikringsutstyr og vedlikehald mv. – 19,9 mill. kroner

  • ekstra løyving til digitaliseringsprosjektet ved Agder fengsel – 11,4 mill. kroner

Eit anna større tiltak som blir sluttført i 2020, er nytt fengsel i Agder.

2 Rett samansett kapasitet

2.1 Redusert soningskø

Då regjeringa overtok i 2013, var soningskøen på over 1 200 dommar. Pr. september 2019 var soningskøen redusert til om lag 485 dommar, jf. figuren under.

Figur 2.6 Utvikling i soningskøen for vilkårslause dommar, 2013–2019

Figur 2.6 Utvikling i soningskøen for vilkårslause dommar, 2013–2019

Ei viktig årsak til nedgangen er at regjeringa leigde fengselsplassar i Nederland frå 2015 til 2018. Samstundes har regjeringa arbeidd for å auke kapasiteten i Noreg, bl.a. med nytt fengsel i Agder, som skal opnast medio 2020. Regjeringa har òg auka kapasiteten for straffegjennomføring med elektronisk kontroll (fotlenkesoning) med 255 plassar til 500 plassar, slik at fleire domfelte kan behalde bustad og arbeid under soninga, jf. utvida omtale under punkt 2.3.2.

I forbindelse med nedlegging av om lag 250 fengselsplassar med lågare tryggingsnivå i fyrste halvår 2019 blei innsette overførd til andre fengsel. Dette reduserte innkallinga av dommar ved desse fengsla, noko som førte til ein mellombels auke i soningskøen i løpet av fyrste halvår 2019. Soningskøen er no på vei nedover.

Dei to siste åra har vi sett ein reduksjon i talet på innsetjingar i varetekt og talet på dommar til kriminalomsorga. I 2016 var det i gjennomsnitt 998 innsette i varetekt. I 2018 var dette talet redusert til 832. Det er ein nedgang på om lag 16 pst. Talet på innsette i varetekt utgjer no 21 pst. av den totale fengselskapasiteten. Nedgang i det samla talet på vilkårslause dommar har òg medverka til å redusere soningskøen. I 2016 vart ca. 10 500 dommar sende til kriminalomsorga, mens dette talet i 2018 var redusert til 8 500. Dette er ein nedgang på 19 pst.

Figur 2.7 Utvikling i talet på varetektsinnsette og mottekne vilkårslause dommar, 2013–2018

Figur 2.7 Utvikling i talet på varetektsinnsette og mottekne vilkårslause dommar, 2013–2018

2.2 Endringar i kriminalitetsbiletet og nye behov for kapasitet i kriminalomsorga

Kapasiteten i kriminalomsorga må tilpassast endringar i kriminalitetsbiletet. Kriminalitetsbiletet har endra seg dei siste åra. Det har vore ein nedgang i registrert kriminalitet og ein nedgang i melde eigedomstjuveri og rusmiddellovbrot. Samstundes har den alvorlege kriminaliteten auka. Det har mellom anna vore ein markant auke i talet på seksuallovbrot i perioden 2013–2019. Sjå omtale under 06.40.

Sjølv om det har vore ein nedgang i talet på innsette i fengsel, blir det gjennomført lengre straffer, og domsinnsette sit lenger i fengsel enn tidlegare. Dette kjem både som følgje av at færre totalt får kortare straffer, og at dei som er dømde til kortare dommar, oftare får gjennomføre straffa si med elektronisk kontroll.

Kriminalitetsutviklinga tilseier at det er større behov for fengselsplassar med høgare tryggingsnivå, og mindre behov for fengselsplassar med lågare tryggingsnivå. For å utnytte ressursane på ein mest mogleg effektiv måte har det vore nødvendig å leggje ned fengselsplassar det ikkje er bruk for.

I stortingsbehandlinga av Prop. 1 S (2018–2019) vart det vedteke å leggje ned om lag 250 fengselsplassar på lågare tryggingsnivå, jf. Innst. 6 S (2018–2019). Dette omfatta Hassel fengsel, Søndre Vestfold fengsel, Sandefjord avdeling, Hedmark fengsel, Bruvoll avdeling, Nordre Vestfold fengsel, Hof avdeling og Bergen fengsel, Osterøy avdeling. Fengsla vart lagde ned i løpet av første tertial 2019.

I tillegg til å leggje ned 250 fengselsplassar med lågare tryggingsnivå er det vedteke å leggje ned om lag 120 fengselsplassar ved Arendal fengsel, avdeling Kleivgrend, Håvet og Parkveien og Kristiansand fengsel, i samband med etableringa av nye Agder fengsel, jf. Prop. 129 S (2016–2017) og Innst. 401 S (2016–2017). Grunna redusert behov for plassar med lågare tryggingsnivå vart Arendal fengsel, Håvet avdeling lagt ned første halvår 2019. Av same årsak vil Arendal fengsel, avdeling Kleivgrend bli lagt ned primo 2020. Plassar med høgt tryggingsnivå ved Arendal fengsel, Parkveien og Kristiansand fengsel blir lagde ned når nye plassar i Agder står klare til bruk, medio 2020.

2.3 Tilpassa kapasitet i kriminalomsorga

Kriminalomsorga har i dag 4 233 fengselsplassar og soningsplassar med elektronisk kontroll, inkl. dubleringsplassar. Tabellen under gir oversikt over soningskapasiteten fordelt på fengselsplassar med høgt og lågare tryggingsnivå og elektronisk kontroll. Endringa i kapasiteten på fengselsplassar med lågare tryggingsnivå frå 2019 til 2020 har årsak i nedlegging av overkapasitet av om lag 250 plassar våren 2019. Auke i kapasiteten på fengselsplassar med høgt tryggingsnivå frå 2020 til 2021 har årsak i nytt fengsel i Agder som etter planen opnar medio 2020.

Tabell 2.3 Tal for samla straffegjennomføringskapasitet, per 1. januar, 2013–2021

2013

2014

2015

2016

2017

2018

2019

2020

2021

Fengselsplassar med høgt tryggingsnivå1

2 420

2 420

2 455

2 467

2 495

2 500

2 500

2 610

2 738

Fengselsplassar med lågare tryggingsnivå1

1 383

1 383

1 383

1 383

1 385

1 385

1 385

1 123

1 095

Leige av fengselsplassar i Norgerhaven (helårseffekt)

84

242

242

162

Soning med elektronisk kontroll (EK)

237

342

342

342

387

500

500

500

500

Sum kapasitet

4 040

4 145

4 264

4 434

4 509

4 547

4 385

4 133

4 333

1 Ordinær kapasitet utan dublering.

Under følgjer ein nærmare omtale av kapasiteten for høvesvis fengsel, elektronisk kontroll og anna soning i samfunnet. I tråd med prognosar frå Kriminalomsorgsdirektoratet vurderer departementet det slik at kapasiteten svarer til dagens behov i kriminalomsorga.

2.3.1 Fengselsplassar

Kapasitetsutnyttinga i fengsla var høg i perioden 2013–2016. Dette var nødvendig for å redusere soningskøen. I 2018 og i 2019 har den gjennomsnittlege kapasitetsutnyttinga i fengsla vore i underkant av 90 pst. Kriminalomsorga tilrår kapasitetsutnytting på 90 pst., bl.a. av omsyn til at ein skal kunne stille varetektsplassar til disposisjon for politiet ved behov.

Tabell 2.4 Kapasitetsutnytting i fengsel, 2013–20191

2013

2014

2015

2016

2017

2018

2019

Kapasitetsutnytting i fengsel

97 %

98 %

96 %

95 %

92 %

88 %

88 %

1 Tal for 2018 og 2019 omfattar dubleringskapasitet. Tal for 2019 gjeld første halvår.

Regjeringa jobbar for å sikre trygge og likeverdige forhold for kvinner som sonar straff, og kriminalomsorga har som målsetjing at kvinner ikkje skal sone saman med menn. Om kvinnelege innsette må sone med menn, skal dei få eit tilbod som er tilrettelagt og i eigne skjerma avdelingar. I 2018 utgjorde kvinnelege innsette om lag 9 pst. av alle innsetjingar. Om lag 3 pst. av dei som ventar på soning i fengsel, er kvinner.

Kriminalomsorga har fengsel som berre har plassar for kvinnelege innsette. Det er Bredtveit fengsel og fovaringsanstalt og Ravneberget fengsel. I 2019 opna ei eiga kvinneavdeling ved Arendal fengsel, Evje avdeling. Avdelinga har 30 soningsplassar, der 10 av dei har høgt tryggingsnivå. Det er også eiga kvinneavdeling ved Telemark fengsel, Kragerø avdeling og ei avdeling for utanlandske kvinnelege innsette ved Kongsvinger fengsel.

I 2018 var 28 pst. av alle fengselsplassar nytta av utanlandske statsborgarar frå 114 land. Regjeringa har prioritert arbeidet med å overføre utanlandske domfelte så dei kan halde fram soninga i heimlandet. 50 personar vart overførte til soning i heimlandet i 2018. Den europeiske konvensjonen om soningsoverføring krev at det må vere minst seks månader igjen til lauslating. Fleirtalet av dei domfelte som kjem frå land utanfor Norden, kan på grunn av dette kravet ikkje overførast til soning i heimlandet, fordi dommen er for kort, eller fordi det er for kort tid att å sone. Kriminalomsorga sender oppmoding til heimlandet om å gå med på soningsoverføring i alle saker der det er realistisk å få i stand ei overføring innan tidsfristen. Dommane som vart overførte til soning i heimlandet i 2018, hadde eit omfang som svarer til drift av om lag 104 fengselsplassar med fullt belegg i eitt år. Noreg er i samtalar med Polen, Serbia og Kosovo om å inngå bilaterale avtalar om soningsoverføring. Regjeringa meiner det på sikt bør vere eit mål å knyte seg til EUs rammeavgjerd om soningsoverføring for å gjere arbeidet med soningsoverføringar endå meir effektivt og for å minke behovet for bilaterale avtalar på dette feltet.

2.3.2 Straffegjennomføring med elektronisk kontroll og anna straff gjennomført i samfunnet

I 2018 var det for første gong sett i verk fleire oppdrag ved friomsorgskontora enn i fengsla. Den viktigaste forklaringa er auken i bruken av elektronisk kontroll. Eit viktig tiltak for å betre kvaliteten i kriminalomsorga har vore å auke bruken av straffegjennomføring med elektronisk kontroll. Kapasiteten er auka med 255 plassar i løpet av regjeringsperioden og utgjer i dag om lag 500 plassar. Ordninga gjer det mogleg for domfelte å behalde bustad og arbeid under straffegjennomføringa, og ho er òg eit viktig verkemiddel i utslusinga av domfelte til samfunnet. Evaluering av ordninga med straffegjennomføring med elektronisk kontroll viser at ordninga verkar positivt på tilbakefall til ny kriminalitet, og gir nytte til pårørande, domfelte og samfunnet som heilskap. Auka bruk av straffegjennomføring med elektronisk kontroll har òg redusert behovet for fengselsplassar med lågare tryggingsnivå. Figuren under gir ei oversikt over lovbrotskategoriar for domfelte som sonar med fotlenke.

Figur 2.8 Domfelte som sonar med fotlenke, fordelte på lovbrotskategori, per august 20191

Figur 2.8 Domfelte som sonar med fotlenke, fordelte på lovbrotskategori, per august 20191

1 Ein samla kategori for andre typar lovbrot av mindre omfang er ikkje inkludert i tabellen.

I september 2019 var belegget på fotlenkesoning på ca. 60 pst. Justis- og beredskapsdepartementet fremma i juni 2019 Prop. 132 L (2018–2019) Endringer i straffegjennomføringsloven mv. (gjennomføringstiden for straffegjennomføring med elektronisk kontroll mv.), der det er foreslått å auke gjennomføringstida for elektronisk kontroll frå 4 til 6 md. Forslaget inneheld òg ei fråsegn om lovheimel for bruk av sporingsteknologi m.m. Dette skal brukast for å kontrollere at dei som gjennomfører straff på denne måten, ikkje bryt vilkåra om opphaldsstad. Basert på tal for 2017 er det berekna at utvidinga til 6 md. vil gi ein auke av målgruppa tilsvarande om lag 90 plassar. Bruk av ny teknologi vil gi ein liten auke av målgruppa og dessutan meir effektiv og mindre tid- og ressurskrevjande kontroll av at vilkåra for elektronisk kontroll blir følgde.

2.3.3 Anna straff som blir gjennomført i samfunnet

I 2018 vart 102 personar overførte til straffegjennomføring i institusjon. Formålet med straffegjennomføring i institusjon er rehabilitering, men bruk av ordninga frigjer samstundes kapasitet i fengsla. Desse personane ville ha brukt 113 heilårsplassar i fengsel om dei hadde gjennomført heile straffa i fengsel. Dette er ein nedgang frå resultatet dei siste åra. Viktige årsaker er reduksjonen i mottekne dommar og ein auke i vilkårsbundne dommar med narkotikaprogram med domstolskontroll (ND), som har redusert målgruppa for straffegjennomføring i institusjon. Eit anna forhold som har innverknad på resultatet, er dreiinga i rusbehandling frå døgnbehandling til meir bruk av poliklinisk behandling.

Tabell 2.5 Mengd døgn på straffegjennomføring i institusjon (strgjfl. § 12)

2013

2014

2015

2016

2017

2018

Døgn etter strgjfl. § 12

30 837

36 935

51 076

48 080

50 018

41 643

Bøteteneste, jf. straffegjennomføringslova § 16 a, inneber at den som ikkje evnar å betale ei bot, kan gjere opp for seg ved samfunnsnyttig teneste i staden for å vere i fengsel. Regjeringa sette i verk bøteteneste som eit prøveprosjekt i Troms i 2014, med gode erfaringar. Ordninga med bøteteneste vart utvida til heile landet i 2019, jf. Prop. 1 S (2018–2019) og Innst. 6 S (2018–2019). Etter utvidinga er det for første gong ikkje lenger slik at personar i Noreg må sone fengselsstraff på grunn av manglande evne til å betale ei bot.

Tabellen under gir ei oversikt over mengda sparte fengselsplassar frå 2013 til 2018 som følgje av at dei domfelte kan sone straffa si i medhald av strgjfl. § 12, § 13, § 16 første ledd, og som følgje av soningsoverføringar til heimlandet.

Tabell 2.6 Tal for sparte fengselsplassar, per 1. januar, 2013–2018

2013

2014

2015

2016

2017

2018

Sparte fengselsplassar gjennom anna soning i samfunnet (strgjfl §§ 12, 13, 16 første ledd1

291

291

489

495

516

473

Sparte fengselsplassar gjennom soningsoverføring til heimlandet2

78

58

113

101

85

104

Sum sparte fengselsplassar

369

349

602

596

601

577

1 Talet er berekna gjennom total antall gjennomførte døgn med straffegjennomføring i medhald av strgjfl. § 12, § 13, § 16 første ledd, delt på 365 døgn i året.

2 Samla gjenståande soningsdøgn som blir gjennomførte i heimlandet, delt på 365 døgn i året.

På bakgrunn av utviklinga i antall soningsoverføringar og bruk av anna soning i samfunnet (strgjfl. § 12, § 13, § 16 første ledd) per september 2019, er det rimeleg å forvente ein liten nedgang i total sparte fengselsplassar i 2019.

2.3.4 Anna straffeartar

Domstolane kan dømme lovbrytarar til samfunnsstraff, vilkårsbunden dom med narkotikaprogram med domstolskontroll (ND) og vilkårsbunden dom med Program mot ruspåverka køyring. Desse straffereaksjonane blir gjennomførte av friomsorgskontora.

Talet på samfunnsstraffer som er sette i verk årleg, har gått ned dei siste åra. I 2018 var talet på iverksette samfunnsstraffdommar 1 781. I same periode har talet på iverksette oppdrag på narkotikaprogram med domstolskontroll auka. Forklaringa er at straffereaksjonen vart gjord permanent og landsdekkande i 2016. Det har no blitt avsagt slike dommar i alle fylka, og alle friomsorgskontora har aktive dommar på narkotikaprogram med domstolskontroll.

Tabell 2.7 Narkotikaprogram mot domstolskontroll, Program mot ruspåverka køyring og Samfunnsstraff. Tal på iverksette oppdrag, 2013–2018

2013

2014

2015

2016

2017

2018

Narkotikaprogram med domstolskontroll

24

27

30

38

136

164

Program mot ruspåverka køyring

565

497

556

463

440

388

Samfunnsstraff

2 231

2 246

1 914

1 908

1 980

1 781

2.4 Vidare utvikling av kapasitet – kritisk vedlikehald

Fengsla har eit omfattande vedlikehaldsetterslep. Dette har vore ei utfordring i fleire år. Ein analyse utført i 2016 berekna behovet for investeringar til vedlikehald til om lag 3,8 mrd. kroner. Statsbygg eig dei fleste fengselsbygga og har ansvar for vedlikehaldet. Løyvinga til vedlikehald og bygging av nye fengsel skjer over budsjettet til Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Sjå programkategori 13.30 kap. 2445 Statsbygg i Prop. 1 S (2019–2020) for Kommunal- og moderniseringsdepartementet. I perioden 2013–2018 er det gjort vedlikehald av fengsla for totalt om lag 1,18 mrd. kroner. Det er likevel framleis behov for ekstraordinært vedlikehald. I 2020 vil regjeringa derfor prioritere vedlikehald og rehabilitering av fengselsbygg. Regjeringa vil særskilt prioritere å oppretthalde viktig kapasitet for bl.a. forvaring og varetekt. Det er kritisk vedlikehaldsetterslep ved Ila fengsel og forvaringsanstalt, som bl.a. har størstedelen av plassar for forvaring. Situasjonen er også kritisk for Oslo fengsel, som er viktig av omsyn til varetektskapasiteten for politiet i Oslo og det sentrale austlandsområdet.

2.5 Rehabilitering av Ila fengsel og forvaringsanstalt

Dei tekniske anlegga (ventilasjon, røyr, elektrisk anlegg m.m.) ved Ila fengsel og forvaringsanstalt er i kritisk tilstand, med originale komponentar frå 1939. Hovudbygget er i dag utan fungerande ventilasjon. Samanbrot i sentral infrastruktur eller pålegg frå offentlege tilsynsstyresmakter vil kunne føre til at store delar av Ila fengsel og forvaringsanstalt må stengast. 67 av dei totalt 124 plassane ved Ila fengsel og forvaringsanstalt er tilrettelagde for forvaringsdømde. Det er om lag 80 pst. av alle forvaringsplassane i Noreg. Regjeringa foreslår å løyve 22 millionar kroner for å byrje arbeidet med å rehabilitere fengselet i 2020. Kostnads- og styringsramma for prosjektet, utan påkomne kostnader for skisse- og forprosjekt, er høvesvis 353 og 302 mill. kroner, ekskl. inventar og brukarutstyr.

2.6 Forprosjektering for nytt Oslo fengsel

Oslo fengsel er eit av fengsla på Austlandet med størst vedlikehaldsbehov og er samstundes svært viktig for å dekke behovet for varetektskapasitet i Osloområdet. I 2018 vart det utarbeidd ei konseptvalutgreiing for Oslo fengsel. Konseptvalutgreiinga, med påfølgjande kvalitetssikring, anbefaler at det blir etablert eit nytt fengsel på ei ny tomt, og at dagens fengsel blir avhenda når eit nytt fengsel står klart. Regjeringa har avgjort at denne anbefalinga skal leggjast til grunn for vidare utgreiing. Ein vil først arbeide vidare med det valde konseptet, inkludert tomteval. Forprosjektering av nytt fengsel skal etter planen skje i 2020. Regjeringa foreslår å løyve 17,5 mill. kroner i 2020 til planlegging og forprosjektering av nytt Oslo fengsel.

2.7 Anna utvikling av kapasitet i kriminalomsorga

Departementet gav i juni 2017 KDI i oppdrag å gjennomføre ein KVU for straffegjennomførings- og varetektskapasiteten på Vestlandet, som omfattar fylka Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Denne vart ferdigstilt i april 2019 og er venta ferdig kvalitetssikra (KS1) i løpet av 2019. Det vil gi eit betre grunnlag for å avgjere kva for tiltak som ev. bør prioriterast i denne delen av landet.

2.8 Investeringar i kriminalomsorga

I budsjettet for 2019 var det løyvd 10 mill. kroner til styrking av kriminalomsorga. Midlane vil primært nyttast til innkjøp av kroppsskanner og gjennomlysningsutstyr. Det er behov for å styrke tryggleiken i kriminalomsorga ytterlegare. Regjeringa foreslår derfor å løyve 19,9 mill. kroner til bl.a. innkjøp av nye digitale verktøy for å auke tryggleiken i fengsla, som kroppsskannarar mv. Deler av bevilgninga vil og nyttast til nytt utstyr i samband med vedlikehald av fengselsbygg. I tillegg foreslår regjeringa å løyve ytterlegere 11,4 mill. kroner til digitalisering ved nye Agder fengsel som åpner medio 2020. Det er lagt til grunn at løyvingane i 2020 ikkje vil gi bindingar for framtidige år.

3 Innhaldsarbeid i kriminalomsorga

Det er eit overordna mål for kriminalomsorga å redusere tilbakefall til ny kriminalitet og at fleire domfelte går tilbake til utdanning og arbeid etter gjennomført straff. For å hindre tilbakefall vil regjeringa arbeide for meir rehabiliterande straffegjennomføring med større vekt på innhaldet i soninga. Domfelte har aktivitets- eller arbeidsplikt, og kriminalomsorga skal leggje til rette for aktivitetar tilpassa behova til dei innsette. Aktivitetane skal vere ein integrert del av straffegjennomføringa for å unngå isolasjon og uheldige verknader. Det er utdanningsstyresmaktene som har ansvaret for å gi alle innsette som har rett til det, utdanning og opplæring, medrekna grunnskulefag, vidaregåande opplæring og ulike kurs. Innsette har rett til nødvendige og gratis helsetenester i kommunen der fengselet ligg. Ansvaret for dette ligg hos helsestyresmaktene. Samla har andelen innsette som er aktivisert i form av arbeid, skule, programverksemd og fritidsaktivitetar gått opp, jf. tabellen under.

Tabell 2.8 Del av fengselsdøgn med aktivitet, 2013–2018

2013

2014

2015

2016

2017

2018

Fengselsdøgn med aktivitet

77 %

78 %

80 %

80 %

81 %

82 %

3.1 Isolasjon og utestenging frå fellesskap

Sjølv om delen av innsette som har eit aktivitetstilbod, har auka, har enkelte grupper av innsette særskilde behov for aktivisering som er tilpassa utfordringane deira.

Dei siste åra har det blitt peika på store utfordringar med eksklusjon frå fellesskap og isolasjon av innsette. Kritikken har bl.a. komme frå FNs menneskerettskomité, FNs torturkomité (CAT), Den europeiske torturovervakingskomiteen (CPT) og Sivilombodsmannen.

Årsaker til at nokre innsette blir utestengde frå fellesskapet, er til dømes varetektsrestriksjonar, vedtak etter straffegjennomføringslova, at innsette sjølve ønskjer å vere isolerte, eller at forhold ved bygningane gjer det vanskeleg med fellesskap blant dei innsette på enkelte avdelingar.

Regjeringa vil styrke behandlingstilbodet innan psykisk helsevern i kriminalomsorga og redusere bruken av isolasjon og eksklusjon i fengsel. I budsjettet for 2019 vart det løyvd 18,3 mill. kroner til å etablere ei forsterka fellesskapsavdeling på Ila fengsel og forvaringsanstalt og 19 mill. kroner til å styrke behandlingstilbodet til valds- og utuktsdømde, jf. omtale under punkt 3.2 og 3.3. KDI arbeider med ein tiltaksplan om isolasjon i kriminalomsorga. Regjeringa byggjer også ut kapasiteten i kriminalomsorga, jf. omtale under punkt 2.4, og avviklar samstundes enkelte fengsel som er lite eigna for fellesskap blant innsette. Ny kapasitet med meir moderne fengselsbygg vil gi fleire innsette tilbod om fellesskap. Dei moderne fengselsbygga er òg godt eigna for arbeidsdrift, skule og helseteneste. Dette gjeld dei nye avdelingane ved Romerike fengsel, Ullersmo avdeling og Indre Østfold fengsel, Eidsberg avdeling, og Agder fengsel, som vil stå klart i 2020. Desse fengsla skal etter kvart aktivisere alle innsette. Regjeringa foreslår òg å løyve 17,5 mill. kroner i 2020 til planlegging og forprosjektering av nytt Oslo fengsel. Siktemålet er å betre forholda for innsette ved dette fengselet.

3.2 Rusmestring og psykisk sjuke innsette

Nokre få innsette har heilt spesielle behov på grunn av den psykiske helsa si. Etablering av ei eiga fellesskapsavdeling for denne gruppa ved ombygginga av Ila fengsel og forvaringsanstalt skal bidra til å førebyggje og hindre langvarig isolasjon for innsette med alvorlege psykiske lidingar. Det er bestemt at fellesskapsavdelinga skal etablerast mellombels ved Ila fengsel og forvaringsanstalt avd J. Dette skal sikre at helsepersonell har eigna lokale og at det er gode tilhøve ved fellesskapsavdelinga, samstundes som fengselet blir rehabilitert, jf. omtale over. Tilbodet vil bli etablert ved årsskiftet 2019/2020 i tråd med planen. Den permanente løysinga skal vere i eit nybygg.

Mange innsette har òg eit rusproblem, og behovet for tilbod om avrusing ved innsetjing i fengsel er stort. Regjeringa sette derfor i gang et pilotprosjekt med avrusningseigning ved Bjørgvin fengsel i 2019 for å prøve ut ein ny modell for avrusing, der helsepersonell gjennomfører avrusing inne i fengselet. Det er venta atavrusingseininga blir ferdigstilt i løpet av første halvår 2020

Det er og sett i gang ei utgreiing for å vurdere det samla straffereaksjons- og behandlingstilbodet under straffegjennomføring for personar med rusproblem eller avhengnad, og om innretninga av dette bør endrast.

3.3 Behandlingstilbod til personar som er domfelte for seksuallovbrot

Dei siste åra har det vore ein betydeleg auke i talet på personar som er domfelte for seksuallovbrot. Det er derfor behov for å styrke behandlingstilbodet for denne gruppa. I 2015 vart det starta eit prosjekt som har som mål å utvikle eit heilskapleg behandlingstilbod til personar som er dømde for seksuallovbrot, og å gi betre kunnskap gjennom systematisk kartlegging av kjende statistiske risikofaktorar. Tilbodet finst i dag berre ved enkelte fengsel. Som ledd i opptrappingsplanen mot vald og overgrep er det i 2019 løyvd 19 mill. kroner under Helse- og omsorgsdepartementets for å etablere eit landsdekkande behandlingstilbod basert på kunnskapen frå prosjektet. Etableringa skjer i andre halvår 2019. For 2020 er det foreslått 38 mill. kroner til å gjennomføre tilbodet på landsbasis under Helse- og omsorgsdepartementets budsjett.

3.4 Arbeid mot radikalisering i kriminalomsorga

Kriminalomsorga arbeider med å identifisere innsette dei reknar med det er fare for at kan radikalisere andre innsette, og innsette som er sårbare for å bli påverka på ein måte som kan leie til valdeleg ekstremisme. Eitt tiltak er å spreie innsette som utgjer ein risiko for å påverke andre i negativ retning, på forskjellige anstaltar. Dette gjer det vanskelegare å knyte nye kontaktar og planleggje nye straffbare handlingar. Det er òg etablert ei mentorordning i kriminalomsorga. Ordninga rettar seg mot personar som er dømde eller sikta for terrorrelaterte handlingar, og innsette som kan være sårbare for å bli rekrutterte til ekstremisme.

Eit anna viktig tiltak er opplæring og rettleiing av dei tilsette. Alle kriminalomsorgas regionar skal ha ein radikaliseringskoordinator. KRUS gir også opplæring i fleirkulturell forståing, radikalisering og valdeleg ekstremisme i grunnutdanninga til fengselsbetjentane.

Det er etablert eit samarbeid mellom PST, KDI og POD om å følgje opp innsette som ein uroar seg for med tanke på radikalisering og valdeleg ekstremisme. Det er utvikla rutinar for god samhandling og informasjonsutveksling under soninga, i samband med lauslating og i tida etter lauslating.

Tiltaka er ei oppfølging av regjeringas handlingsplan mot radikalisering og valdeleg ekstremisme.

3.5 Tilbakeføring etter gjennomført straff

Etter enda soning skal innsette tilbake til samfunnet. Kriminalomsorga har ansvar fram til gjennomførd straff. Ansvar for vidare arbeid med tilbakeføring av domfelte til samfunnet ligg hos andre sektorar og forvaltingsnivå. For å motverke levekårsutfordringar blant innsette og betre samordninga mellom kriminalomsorga, ulike forvaltningssamarbeidspartar og kommunar har regjeringa lagt fram ein Nasjonal strategi for samordnet tilbakeføring etter gjennomført straff (2017–2021). Det er sett i gang fleire tiltak i 2019 for å følgje opp strategien. Bl.a. er det inngått ein samarbeidsavtale mellom regjeringa og KS der formålet er å

  • førebyggje kriminalitet og hindre utanforskap

  • styrke samhandlinga mellom staten og kommunesektoren

  • støtte lokalt samarbeid

3.6 Velferdsobligasjonar

Arbeids- og velferdsdirektoratet og Kriminalomsorgsdirektoratet har på oppdrag frå Arbeids- og sosialdepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet sett i gang eit arbeid med eit pilotprosjekt med formål å teste ut velferdsobligasjonar som modell for utvikling og finansiering av nye tiltak for å førebyggje tilbakefall til kriminalitet. Velferdsobligasjonar blir brukte om resultatbaserte avtalar mellom fleire partar, som oftast offentlege myndigheiter, investorar/stiftingar og private eller ideelle tenesteleverandørar, og har som formål å løyse sosiale problem på ein ny måte.

Eit utval kommunar vart i april 2018 inviterte til å søke om midlar til utvikling av lokale prosjekt, og det vart innvilga tilskot til to lokale prosjekt – eitt i Kristiansand kommune og eit felles initiativ frå fem kommunar i Vestfold: Horten, Holmestrand, Tønsberg, Sandefjord og Larvik. Kommunane vart våren 2019 inviterte til å søke om tilsegn om tilskotsmidlar for å dekkje delar av sluttoppgjeret til kommunen dersom dei lokale prosjekta når måla som er sette. Regelverket for dette tilskotet vart fastsett av Arbeids- og sosialdepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet 8. april 2019.

Det blir teke sikte på å gje tilsegn om tilskotsmidlar hausten 2019, og inngåing av kontraktar mellom partane lokalt våren 2020. Arbeids- og velferdsdirektoratet er saman med Kriminalomsorgsdirektoratet gitt i oppdrag å gjennomføre ei ekstern evaluering av pilotprosjektet.

Sjå omtale under forslag til romartalsvedtak.

4 Førebygging av vald og truslar i kriminalomsorga

Kriminalomsorga prioriterer høgt å styrke førebygginga av vald og truslar mot tilsette og mellom innsette. I 2017 og 2018 har talet på registrerte vald- og trusselhendingar mot tilsette og mellom innsette gått ned etter å ha auka dei siste åra.

Tabell 2.9 Tal på registrerte valds- og trusselsituasjonar mot tilsette og mellom innsette, 2014–2018

2014

2015

2016

2017

2018

Valds- og trusselsituasjonar mot tilsette

508

801

1 366

1 306

953

Valds- og trusselsituasjonar mellom innsette

386

298

418

376

292

Avvika er i hovudsak knytte til psykisk vald, inkludert verbal, ikkje-verbal, psykisk og sosial vald. Nedgangen kan knytast til at lågare belegg i fengsla gir betre moglegheiter for motivasjonsarbeid og anna innhald i straffegjennomføringa. Kriminalomsorga har også arbeidd med å forbetre avviksregistreringa si.

5 Tilskot til frivillige organisasjonar

Kriminalomsorga skal støtte opp om verksemda til frivillige organisasjonar ved å gi økonomiske tilskot og ved å invitere dei til samarbeid. I 2018 vart det fordelt om lag 24,5 mill. kroner til 14 frivillige organisasjonar. Organisasjonane har til felles at dei arbeider for hovudmålet til kriminalomsorga: at fleire returnerer til eit liv utan kriminalitet etter å ha gjennomført straffa si. Organisasjonane gir informasjon og tilbod om samtalar, besøk, opplæring og aktivitetar, inkludert arbeidsretta aktivitetar. Dei skaper viktige møteplassar og nye sosiale nettverk for domfelte som ønskjer seg bort frå kriminelle miljø. Det er Kriminalomsorgsdirektoratet som forvaltar tilskotsordninga. Sjå under postomtalen.

6 Organisering av kriminalomsorga

Ved behandlinga av Prop. 105 L (2015–2016) Endringer i straffegjennomføringsloven mv. (omorganisering av kriminalomsorgen m.m.), jf. Innst. 80 L (2016–2017), 2. desember 2016, gjorde Stortinget dette oppmodingsvedtaket:

«Stortinget ber regjeringen foreta en evaluering av kriminalomsorgen ut fra de mål som er beskrevet i proposisjonen og de alternative modeller for organisering som har vært drøftet, samt en trenivåmodell. Samarbeidende instanser, frivillige organisasjoner, ansatte- og brukerorganisasjoner bør involveres i evalueringen.»

Direktoratet for forvaltning og IKT, Difi, har på oppdrag frå departementet gjennomført evalueringa. Evalueringsrapporten vart levert i september 2017. Difi meiner det er gode grunnar til å endre dagens organisering, og at ein tonivåmodell bl.a. kan gi tydelegare og meir einskapleg leiing av etaten og sikre rettslikskap og likebehandling. På oppdrag frå departementet leverte KDI i 2018 eit forslag til ny modell for organiseringa. Departementet har gitt KDI ei vurdering av forslaget, og KDI vil levere eit nytt forslag hausten 2019. Departementet vil komme tilbake til saka på ein eigna måte.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga skal dekke ordinære driftsutgifter (lønn, varer og tenester) i kriminalomsorga. Bemanninga i kriminalomsorga per 1. mars 2019 utgjorde 4 383,3 fast tilsette årsverk. Posten dekker vidare utgifter til maskiner og utstyr, kontorutgifter, personalavhengige utgifter, husleige, programverksemd, aktiviseringstiltak og godtgjersler og kosthald for dei innsette.

Regjeringa foreslår å auka løyvinga med 5 mill. kroner til prosjektgjennomføring av rehabiliteringa av Ila fengsel og forvaringsanstalt. Vidare foreslår regjeringa å auke løyvinga med 2,5 mill. kroner i samband med at kriminalomsorga planlegg ny løysing for Oslo fengsel.

Det er foreslått å auke løyvinga med 30,6 mill. kroner i tilknyting til sluttfasekostnader ved ferdiggjeringa av nytt fengsel i Agder medio 2020. Vidare er det foreslått å auke løyvinga med 246 mill. kroner til drift av fengslet i 2020. Utgifter under styresmakter som tilbyr tenester til innsette i Agder fengsel, er berekna til samla 20,2 mill. kroner. Sjå omtalen under kap. 762, kap. 225 og kap. 326 i budsjettforslaga til høvesvis Helse- og omsorgsdepartementet, Kunnskapsdepartementet og Kulturdepartementet.

Vidare foreslår regjeringa å redusere løyvinga med 42,2 mill. kroner knydde til nedlegginga av fengselsplassar i samband med opning av nytt fengsel i Agder. Regjeringa foreslår vidare å redusere løyvinga med 30,8 mill. kroner knydde til avvikling av 100 dubleringsplassar. Reduserte utgifter under forvaltingssamarbeidspartnarar knydd til nedlegging av dubleringsplassane er berekna til samla 6,4 mill. kroner. Det blir vist til nærmare omtale under kap. 762 og kap. 225 i høvesvis Helse- og omsorgsdepartementet og Kunnskapsdepartementet sine budsjettforslag.

Regjeringa foreslår å auke løyvinga med 6 mill. kroner til drift av avrusingseining ved Bjørgvin fengsel. Vidare foreslår regjeringa å auke løyvinga med 1,5 mill. kroner til husleige knytt til etablering av nasjonal forsterka fellesskapsavdeling for psykisk sjuke ved Ila fengsel og forvaringsanstalt. Det er foreslått å redusere løyvinga med 83,4 mill. kroner i samband med nedlegginga av overkapasitet av fengselsplassar på lågare tryggingsnivå som blei gjennomførd i 2019. Reduserte utgifter under forvaltingssamarbeidspartnarar i samband med nedlegging av plassane er berekna til 30 mill. kroner. Vi viser til omtalen under budsjettforslaga til Helse- og omsorgsdepartementet, Kunnskapsdepartementet og Kulturdepartementet. Det er foreslått å auke løyvinga med 10 mill. kroner til ei landsdekkande ordning med bøteteneste.

Vidare er det foreslått å redusere løyvinga med 10,3 mill. kroner med ein tilsvarande auke under kap. 1605, post 01, i samband med at kriminalomsorga er fullservicekunde hos Direktoratet for økonomistyring (DFØ).

I tillegg til vidareføring av løyving frå i fjor til drift av ti nyoppretta fengselsplassar for kvinner ved Arendel fengsel, avdeling Evje foreslår regjeringa å auke løyvinga med 6,5 mill. kroner knytt til formålet. Det er foreslått å redusere løyvinga med 10,2 mill. kroner i samband med nedlegginga av Arendal fengsel, avdeling Kleivgrend. Som følgje av at politiet skal etablere justisCert (eit responsmiljø i justissektoren som skal førebyggje, og koordinere handteringa av, alvorlege IKT-hendingar), foreslår regjeringa å redusere løyvinga med 0,77 mill. kroner mot ein tilsvarande auke av løyvinga under kap. 440, post 01. Vidare foreslår regjeringa å redusere løyvinga med 0,4 mill. kroner i samband med reduserte leiekostnader i statleg verksemd, samt en reduksjon på 0,16 mill. kroner mot ein tilsvarande auke av løyvinga på 440, post 71, som følgje av forventa auke i husleige i samband med ombygging av Justismuseet.

Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2020 får fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 430, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3430, post 03 og 04, jf. forslag til vedtak.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 4 780 mill. kroner.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttes under kap. 430, post 01

Posten omfattar utgifter knytte til arbeidsdrifta, som materialar, rutinemessig utskifting av mindre maskiner og utstyr, kursing av tilsette retta spesifikt mot hjelpemiddel som blir brukte i arbeidsdrifta, og vedlikehald og drift av maskinparken. I posten inngår også arbeidspengar til dei innsette.

Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2019 får fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 430, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3430, post 02, jf. forslag til vedtak.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 92 mill. kroner.

Post 45 Større utstyrsanskaffelser og vedlikehold, kan overførast

Løyvinga på posten omfattar større utstyrskjøp og vedlikehald. Posten omfattar også midlar til IKT-løysingar, maskiner og teknisk utstyr til arbeidsdrifta, anna utstyr til fengsla og innkjøp av køyretøy.

Styringsramma for brukarutstyr Agder fengsel utgjer totalt 170 mill. kroner, og kostnadsramma utgjer 200 mill. kroner. Deler av styringsramma er løyva i 2018 og 2019. Regjeringa foreslår å auke løyvinga med 117,8 mill. kroner til investeringar i utstyr og inventar. Aukinga utgjer resten av styringsramma. I tillegg foreslår regjeringa å løyve ytterlegere 11,4 mill. kroner til digitalisering ved nye Agder fengsel som åpner medio 2020.

Vidare foreslår regjeringa å løyve 19,9 mill. kroner til sikringsutstyr og vedlikehaldsprosjekt mv. i kriminalomsorga.

Det blir foreslått å redusere løyvinga med 11 mill. kroner knytt til at det er etablert ei avrusingseining ved Bjørgvin fengsel. Vidare er det foreslått å redusere løyvinga med 2,5 mill. kroner i samband med ferdig etablering av nasjonal forsterka fellesskapsavdeling for psykisk sjuke ved Ila fengsel og forvaringsanstalt.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 195 mill. kroner.

Post 60 Refusjonar til kommunene, forvaringsdømte mv., kan overførast

Løyvinga på posten dekker refusjonar til kommunale omsorgstiltak for prøvelauslating frå forvaring og varetektssurrogat. Ved prøvelauslating av forvaringsdømde kan retten setje vilkår om at den domfelte tek opphald i institusjon eller kommunal bustad lenger enn eittårsfristen i straffelova § 37 bokstav h. Denne retten er grunngitt i straffelova § 45 første ledd bokstav c. I samband med etableringa av refusjonsordninga var ei målsetjing at dei forvaringsdømde som har spesielle behov, skal kunne få opphald i institusjon eller i omsorgsbustad ved prøvelauslating. Denne retten er grunngitt i straffelova § 45 første ledd bokstav c.

Det må vere særlege grunnar for å setje vilkår om prøvelauslating til kommunal omsorgsbustad/institusjon. Særlege grunnar gjeld når den domfelte elles ikkje vil kunne bli prøvelauslaten og ei prøvelauslating på slike vilkår er vurdert å vere betre for den domfelte enn framleis opphald i anstalt under kriminalomsorga. Dette er særleg aktuelt når den forvaringsdømde er psykisk utviklingshemma eller har psykiske problem og/eller rusproblem. Det er eit vilkår for slik frigiving at institusjonen eller kommunen har samtykt i opphaldet, og at tiltaka er statleg finansierte. Domstolane tek avgjerd om prøvelauslating.

I 2018 vart det utbetalt refusjon etter ordninga på 73,7 mill. kroner. Avgjerd om prøvelauslating frå forvaring med vilkår om at den domfelte tek opphald i institusjon eller kommunal bueining utover eittårsfristen, ligg til domstolane. Det gjer løyvingsbehovet på posten usikkert. Det er vanskeleg å føreseie utviklinga i talet på saker, dvs. både kva for saker som vil falle bort, tilførsel av nye saker og kva for krav som vil følgje av avgjerdene til domstolane, og dermed kor kostbare tiltaka knytte til kommunal refusjon vil vere.

Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 83,6 mill. kroner i 2020.

Post 70 Tilskudd

Post 70 er ei tilskotsordning for frivillig verksemd under verkeområda til kriminalomsorga, dvs. domfelte under straffegjennomføring. Posten dekker tilskot til frivillige organisasjonar som får hovuddelen av aktivitetane sine finansiert med andre kjelder. Det er ein føresetnad at verksemda til mottakaren støttar opp om dei generelle målsetjingane til kriminalomsorga, og då med særleg vekt på tilbakeføring til samfunnet etter gjennomført straff.

Heile posten blir fordelt av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI) etter søknad frå organisasjonane. Det bli føresett at KDI fordeler midlane ut frå tydelege kriterium, medrekna at dei legg vekt på omsynet til kontinuitet for organisasjonane over tid.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 30,2 mill. kroner.

Tabell 2.10 Fordeling av tilskot til frivillig verksemd i 2018 (1 000 kr)

(Beløp i 1 000 kr)

Tilskotsmottakar1

Tilskot

Wayback

6 500

Kirkens Bymisjon – Fri-prosjekter

3 600

Frelsesarmeens fengselsarbeid

3 000

For Fangers Pårørende

3 000

Røde Kors – Nettverk etter soning

2 000

Stiftelsen Crux (tidl. Kirkens sosialtjeneste)

1 700

Stiftelsen Retretten

1 500

Vardeteatret

800

Kulturdråpen

600

Røverhuset

400

Musikk i fengsel og frihet

369

Maritastiftelsen

250

Røde kors – visitortjeneste

200

Frelsesarmeen – Safe Way Home

125

24 044

1 I 2018 vart det samla tilskotsbeløpet på kr. 24 044 000 øyremerkt, jf Innst. 6 S (2017–2018).

Kap. 3430 Kriminalomsorgen

(i 1 000 kr)

Post

Betegnelse

Regnskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

02

Arbeidsdriftens inntekter

89 095

90 231

92 653

03

Andre inntekter

20 474

24 994

25 665

04

Tilskudd

12 406

2 390

2 454

Sum kap. 3430

121 975

117 615

120 772

Post 02 Arbeidsdriftens inntekter

Posten omfattar inntekter frå sal av produksjonen frå arbeidsdrifta og drifts- og vedlikehaldsoppgåver som blir utførte på bestilling frå Statsbygg.

Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2019 får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 430, post 21, mot tilsvarande meirinntekt under kap. 3430, post 02, jf. forslag til vedtak.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 92,7 mill. kroner.

Post 03 Andre inntekter

Posten omfattar bl.a. leigeinntekter for teneste- og leigebustader, refundert kost og husleige, klientavhengige driftstilskot til overgangsbustadene og tilskot frå andre offentlege verksemder til gjennomføring av prosjekt.

Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2019 får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 430, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3430, post 03, jf. forslag til vedtak.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 25,7 mill. kroner.

Post 04 Tilskot

Posten omfattar tilskot til deltaking i internasjonalt fengselssamarbeid under EØS-finansieringsmekanismane. Posten omfattar òg inntekter frå prosjekt der kriminalomsorga får tilskot til å gjennomføre prosjekt i samarbeid med internasjonale organisasjonar eller andre land.

Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2019 får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 430, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3430, post 04, jf. forslag til vedtak.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 2,5 mill. kroner.

Kap. 432 Kriminalomsorgens høgskole og utdanningssenter

(i 1 000 kr)

Post

Betegnelse

Regnskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Driftsutgifter

262 454

246 704

191 272

Sum kap. 0432

262 454

246 704

191 272

Å ha fengselsbetjentar med høg og riktig kompetanse er ein føresetnad for god kvalitet i straffegjennomføringa. I 2018 vart eit nytt bachelorstudium godkjent ved høgskulen, og det vil tilføre styrkt kompetanse til kriminalomsorga.

Endringar i behovet for fengselsplassar gir endringar i behovet for etatsutdanna fengselsbetjentar. I samband med etableringa av 300 plassar i nytt fengsel i Agder vart det i revidert nasjonalbudsjett for 2017 løyvd 19,7 mill. kroner til utvida klasseopptak ved Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS med tre ekstra mellombelse klassar. I budsjettet for 2018 vart det løyvd midlar til opptak av ytterlegare éin klasse. På grunn av forslag om å leggje ned fengselsplassar vart talet på klassar mellombels redusert med éin i budsjettet for 2019.

I januar 2019 byrja 152 aspirantar utdanninga ved KRUS. Departementet føreset at KRUS tek opp fleire aspirantar ved kvart opptak enn måltalet for ferdigeksaminerte aspirantar krev. Bakgrunnen for dette er at nokre som regel sluttar undervegs i utdanningsløpet. Tabellen under viser talet på uteksaminerte fengselsbetjentar i perioden 2013–2018.

Tabell 2.11 Talet på uteksaminerte fengselsbetjentar, 2013–2018

År

2013

2014

2015

2016

2017

2018

Uteksaminerte fengselsbetjentar

146

164

167

169

168

162

7 Forskyvd opptak av klassar ved Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS

Utdanningsløpet ved KRUS varer i to år, med eit følgjande pliktår i kriminalomsorga. I hovudsak skjer det årlege klasseopptaket i januar. For å betre søkargrunnlaget til utdanninga og for at opptaket ved KRUS skal følgje opptaket ved andre høgskular, skal klasseopptaket framover i hovudsak skje i august. Det er foreslått å gjennomføre endringa over to år, med 2020 som eit overgangsår med opptak i både januar og august. Endringa i klasseopptaket blir følgt opp av KDI og KRUS.

8 Samanslåing av Politihøgskulen og Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS

Justis- og beredskapsdepartementet vurderer å slå saman Politihøgskulen (PHS) og Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS. Å slå saman PHS og KRUS er i tråd med politikken regjeringa fører for forsking og høgare utdanning, jamfør Meld. St. 16 (2016–2017) Kultur for kvalitet i utdanning og Meld. St. 4 (2018–2019) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2019–2028.

Post 01 Driftsutgifter

Posten omfattar lønns- og personalutgifter til tilsette og aspirantar ved Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS, drift- og leigeutgifter til lokale, reiser (inkl. kursdeltakarar og aspirantar), fagmateriell, inventar og utstyr, lisensar, uniformseffektar m.m. Bemanninga ved KRUS var 62,7 fast tilsette årsverk per 1. mars 2019. Posten omfattar òg løyving til forsking og utvikling, etter- og vidareutdanning, verksbetjentutdanning og støttefunksjonar.

Regjeringa foreslår å redusere løyvinga med 39,5 mill. kroner som følgje av eingongsløyving til gjennomførte ekstra klasseopptak ved KRUS i samband med at det blir etablert nytt fengsel i Agder. Det blir foreslått å redusere løyvinga med 19,9 mill. kroner som følgje av forskyvd klasseopptak ved Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS.

Vidare blir det foreslått å redusere løyvinga med 17 000 kroner knytt til reduserte leiekostnader i statleg verksemd.

Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2019 får fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 432, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3432, post 03, jf. forslag til vedtak.

Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 191,3 mill. kroner.

Kap. 3432 Kriminalomsorgens høgskole og utdanningssenter

(i 1 000 kr)

Post

Betegnelse

Regnskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

03

Andre inntekter

1 093

1 058

1 087

Sum kap. 3432

1 093

1 058

1 087

Post 03 Andre inntekter

Posten omfattar bl.a. inntekter frå eigendelen som aspirantane betaler for skulebøker.

Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2019 får fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 432, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3432, post 03, jf. forslag til vedtak.

Regjeringa foreslår ei løyving på posten på om lag 1,087 mill. kroner.

Programkategori 06.40 Politi og påtalemyndighet

Utgifter under programkategori 06.40 fordelt på postgrupper

Post-gr.

Betegnelse

Regnskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

Pst. endr. 19/20

01–25

Driftsutgifter

19 543 538

20 119 567

20 801 056

3,4

30–49

Nybygg, anlegg m.v.

518 857

1 184 480

1 042 130

-12,0

70–89

Overføringer til private

286 234

261 639

309 278

18,2

Sum kategori 06.40

20 348 629

21 565 686

22 152 464

2,7

Utgifter under programkategori 06.40 fordelt på kapitler

Kap.

Betegnelse

Regnskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

Pst. endr. 19/20

440

Politidirektoratet – politi- og lensmannsetaten

18 538 073

19 768 159

20 243 302

2,4

442

Politihøgskolen

634 189

629 942

633 984

0,6

444

Politiets sikkerhetstjeneste (PST)

905 096

890 983

982 580

9,9

445

Den høyere påtalemyndighet

257 551

262 057

277 795

6,0

446

Den militære påtalemyndighet

8 240

8 909

9 058

1,7

448

Grensekommissæren

5 480

5 636

5 745

1,9

Sum kategori 06.40

20 348 629

21 565 686

22 152 464

2,7

1 Innleiing

Programkategori 06.40 omfattar Politidirektoratet, politi- og lensmannsetaten, Politiets tryggingsteneste (PST), Politihøgskolen, Den høgare påtalemakta, Den militære påtalemakta og Grensekommissæren.

1.1 Plassering av kategorien i kjedeperspektivet

1.1.1 Straffesakskjeda

Politiet og påtalemakta utgjer dei to første ledda i straffesakskjeda. Oppgåveløysinga i desse ledda får konsekvensar for talet på saker seinare i kjeda. Effektiv førebygging vil redusere kriminaliteten og talet på politimeldingar og bidrar til å redusere talet på saker i dei alminnelege domstolane (programkategori 06.20) og kriminalomsorga (programkategori 06.30). Effektiv etterforsking og høgare oppklaringsprosent kan tilsvarande ha kriminalitetsførebyggjande effekt. Fleire oppklarte saker kan gi fleire saker til oppfølging i straffesakskjeda. Det er påtalemakta sitt ansvar å leie etterforsking, førebu og føre saker for retten. Meir utstrekt bruk av administrative sanksjonar kan redusere talet på mindre alvorlege saker som blir behandla i straffesakskjeda.

Konfliktråda er del av straffesakskjeda og speler ei viktig rolle i straffegjennomføringa med vekt på førebygging og oppreising, jf. omtalen under programkategori 06.70. Påtalemakta avgjer om ei sak skal overførast til behandling i konfliktråd.

Kriminalomsorga stiller soningsplassar og varetektsplassar til disposisjon for politiet, jf. omtalen under programkategori 06.30.

1.1.2 Samfunnstryggleik og beredskap

Politiet er ein sentral aktør i samfunnstryggleiks- og beredskapskjeda, både gjennom døgnkontinuerleg beredskap for handtering av ordinære politioppgåver og gjennom handteringa av ekstraordinære hendingar. Samvirket mellom politiet og andre aktørar, bl.a. dei andre nødetatane og Forsvaret, er vesentlege for beredskap og oppgåveløysing, jf. omtalen under programkategori 06.50.

PST og politiet har mange oppgåver knytte til å beskytte rikstryggleiken, bl.a. førebyggjande arbeid retta mot moglege angrepsmål og overfor potensielle utøvarar. PST har dessutan viktige analyse- og rådgivingsfunksjonar. Verksemda støttar Justis- og beredskapsdepartementet og regjeringa med informasjonsunderlag både i det daglege og i krisesituasjonar.

1.1.3 Migrasjonskjeda

Politiets oppgåver i samband med migrasjonskjeda er i hovudsak å leggje til rette for lovleg og ønskt innvandring og å hindre irregulær innvandring. Oppgåvene omfattar registrering av alle som søker vern, og sikker og effektiv ID-kontroll av utanlandske borgarar som møter hos utlendingsforvaltninga i politidistrikta for å søke om opphald. Politiet gjennomfører i tillegg territorialkontroll for å finne personar som ikkje har lovleg opphald. Vidare uttransporterer politiet personar som ikkje har lovleg opphald i landet, inkludert dei som ikkje reiser frivillig etter avslag på asylsøknad. Dette arbeidet er viktig i eit kriminalitets- og samfunnsperspektiv. Ein nærmare omtale om heilskapen i migrasjonskjeda er å finne i programkategori 06.90.

1.2 Mål for kategorien

Måla for programkategori 06.40 Politi og påtalemakt er:

Straffesakskjeda

ei meir effektiv straffesakskjede

styrke førebygginga av kriminalitet

redusere alvorleg kriminalitet

Samfunnstryggleik og beredskap

redusere sårbarheit i samfunnet

styrkt samhandling i beredskap og krisehandtering

kunnskapsbasert førebygging

Migrasjonskjeda

rask retur av personar utan lovleg opphald

få personar med opphald med feil identitet eller på feil grunnlag

2 Prioriteringar i budsjettet

Det har vore ein betydeleg auke i løyvingane til politiet sidan regjeringa tiltredde i 2013. Med budsjettforslaget for 2020 er politiets budsjett totalt auka med om lag 4,4 mrd. kroner. Over 3,3 mrd. kroner på politiets driftsbudsjett. Dette er ei reell auke, dvs. korrigert for pris- og lønnsjustering og for endringar knytte til budsjettering av utgifter til mva. og pensjon. Bemanninga i politiet har i perioden desember 2013 t.o.m. mars 2019 auka med om lag 2 800 årsverk, der om lag 1 650 er politiårsverk. Samtlege politidistrikt er styrka (sjå Del III for oversikt over bemanningsutviklinga per politidistrikt sidan 2013). Politidekninga har auka frå 1,71 i fjerde kvartal 2013 til 1,95 i første kvartal 2019, og med budsjettforslaget for 2020 legg regjeringa til rette for at målet om to politiårsverk per 1 000 innbyggjarar på nasjonalt plan vil bli nådd i løpet av 2020. Vidare har regjeringa bl.a. sørgd for å styrke arbeidet med sikring av skjermingsverdige objekt (bl.a. gjennom etablering av datahallar), styrkt beredskap (bl.a. ved at politiets nasjonale beredskapssenter vil vere operativt i 2020), fleire satsingar på IKT-tiltak i politiet og gjennomføring av nærpolitireforma i perioden. Regjeringa har også prioritert ei styrking av politidistrikta sine driftsbudsjett.

Det er viktig at politiet og politimeistrane har handlingsrom til å bruke ressursane mest mogleg effektivt innanfor dei budsjettrammene og mål- og resultatkrava som er sette. Regjeringa vil derfor halde fram med å leggje til rette for strategisk og langsiktig styring av politiet, med større vekt på mål, resultat og effektar og mindre på ressursinnsats, tiltak og aktivitetar.

2.1 Hovudprioriteringar i 2020

Hovudprioriteringar i budsjettforslaget for 2020 er å:

  • løyve 100,4 mill. kroner til politiet for å leggje til rette for å tilsetje fleire polititenestepersonar

  • auke løyvinga til politiet med 150 mill. kroner som følgje av heilårsverknaden av nye politistillingar i 2019

  • løyve 83 mill. kroner til å styrke politidistrikta sine driftsbudsjett, og dermed for eksempel mogleggjere ei styrking av etterforskingskapasiteten

  • løyve 61 mill. kroner til politiet for å sikre helikopterberedskapen i Nord-Noreg, der 11 mill. kroner er ei rammeoverføring frå Forsvarsdepartementet

  • løyve 22,6 mill. kroner til implementering av nye system for grense- og territorialkontroll (EES og ETIAS), der 9,6 mill. kroner er under politiets budsjett

  • løyve 3 mill. kroner til etablering av ei ny eining for nedkjemping av dyrevelferdskriminalitet, der 2 mill. kroner er under politiets budsjett

  • 30 mill. kroner til prosjektet Elektronisk samhandling mellom aktørane i straffesakskjeda (ESAS 2020). Dette blir foreslått løyva samla under kap. 440, post 01.

Streklista er ikkje uttømmande. Budsjettforslaga over inneber at det vert foreslått å auke politiets budsjett med 436 mill. kroner i 2020. Regjeringa vil gi politidistrikta større økonomisk handlingsrom og betre evne til å handtere driftsoppgåver mens dei står i reform. Det vil derfor heller ikkje i 2020 bli stilt krav om realisering av gevinstar frå politireforma.

3 Kriminalitetsbiletet i dag

Kriminalitetsbiletet er i endring. Nedgangen i registrert kriminalitet flatar ut, den registrerte kriminaliteten innan enkelte alvorlege kriminalitetstypar aukar (for eksempel seksuallovbrot) og fleire saker har digitale element i seg. Endringane i kriminalitetsbiletet har skjedd samstundes med at politiet har vore gjennom ein omfattande reformperiode.

Kriminaliteten blir påverka av fleire faktorar, bl.a. demografiske endringar, internasjonalisering og den teknologiske utviklinga. Den registrerte kriminaliteten blir òg påverka av tilbøyelegheita til å melde frå til politiet og av aktiviteten til politiet og andre kontrolletatar. Ein kan t.d. gå ut frå at auken i valds- og seksuallovbrot dei siste åra kjem av meir openheit i samfunnet, større tilbøyelegheit til å melde frå til politiet og hjelpeapparatet og høgare prioritering av desse sakene blant aktørane i straffesakskjeda.

Levekårsundersøkingane til Statistisk sentralbyrå (SSB) for 2018 viser at færre blir utsette for lovbrot som eigedomstjuveri og eigedomsskade. Samstundes har tala auka for delen av befolkninga som har opplevd vald eller truslar om vald. Undersøkingane ser ut til å stadfeste at det er ein svak auke i desse typane kriminalitet. Det er òg grunn til å anta at det er store mørketal og underrapportering på fleire kriminalitetsområde, bl.a. innanfor vald og overgrep og økonomisk kriminalitet.

Tabell 2.12 Meldingar om lovbrot 2013–2018, med prosentvis auke i perioden

2013

2014

2015

2016

2017

2018

Endring 2013–2018

Seksuallovbrot

4 823

4 780

5 709

7 079

7 986

8 386

74 %

Andre vinningslovbrot

26 791

26 285

28 583

31 064

28 907

30 540

14 %

Vald og mishandling

35 147

34 111

35 003

34 969

36 687

37 461

7 %

Eigedomsskade

18 448

17 639

17 217

17 293

17 474

17 270

–6 %

Andre lovbrot

4 899

5 007

5 018

4 893

4 689

4 445

–9 %

Trafikkbrot

50 383

51 102

48 915

49 032

45 749

44 953

–11 %

Ordens- og integritetskrenking

41 748

41 744

40 134

36 646

35 308

36 307

–13 %

Rusmiddellovbrot

59 436

58 450

55 237

50 293

46 930

45 699

–23 %

Eigedomstjuveri

146 831

132 989

115 643

105 144

94 887

92 866

–37 %

Alle lovbrotskategoriar

388 506

372 107

351 459

336 413

318 617

317 927

–18 %

Tabellen viser endring i talet på meldingar i ulike kategoriar av lovbrot og prosentvis i perioden 2013–2018.

Kilde: Statistisk sentralbyrå (SSB)

Den registrerte kriminaliteten har gjennom fleire år gått nedover. Talet på lovbrot som vart melde til politiet i 2018, er om lag på same nivå som i 2017, og 18 pst. lågare enn i 2013. Reduksjonen i perioden kjem først og fremst av ein nedgang i melde eigedomstjuveri og rusmiddellovbrot. Samstundes har den registrerte kriminaliteten innan enkelte alvorlege kriminalitetstypar auka, for eksempel seksuallovbrot mot barn.

Figur 2.9 Tal på meldingar om seksuallovbrot mot barn 2014–2018

Figur 2.9 Tal på meldingar om seksuallovbrot mot barn 2014–2018

Kilde: Politiets driftsstatistikk (STRASAK)

I dei siste åra er det registrert ein stor auke i internettrelaterte saker der fornærma er under 16 år. Internett har utvikla seg til ei utømmelig kjelde til overgrepsmateriale, og omfanget veks konstant. Avdekking av større sakskompleks i nettovergrepssaker, med fleire hundre fornærma, kan gi store periodiske utslag kva gjeld registrerte seksuallovbrot mot barn.

Seksuallovbrot er ein kriminalitetstype der det tradisjonelt har vore store mørketal og som ein gjennom auka fokus har ynskja å avdekke og straffeforfølge. Ein går ut i frå at politiets auka innsats har bidrege til fleire meldingar, samstundes som at fleire store saker har fått fokus i media og vist fornærma at det nyttar å melde i frå.

Det er viktig å vere merksam på, og ta omsyn til, endringane og trendane ein registrerer i kriminalitetsbiletet. Desse påverkar i stor grad kapasitetane til politiet. Dei kriminalitetstypane som aukar mest, tilhøyrer under dei sentralt prioriterte sakstypane, eksempelvis alvorlege lovbrot innan vald, mishandling og seksuallovbrot. Å avdekke og føre sakene for retten på ein fullgod måte, føreset ofte høg fagkompetanse og omfattande etterforsking. Regjeringa foreslår derfor å løyve 83 mill. kroner for å mogleggjere ei styrking av etterforskingskapasiteten. Sjå ytterlegare omtale under punkt 7.3.2 og 7.3.3.

4 Politiet i endring

Endringane i kriminalitetsbiletet krev òg endringar i politiet. Nærpolitireforma har vore ein sentral del av endringsarbeidet og eit nødvendig grep for å få til endringane. Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) evaluerer reforma og gir årlege statusrapportar med vurderingar og tilrådingar for korleis reforma bør følgjast opp. Regjeringa vil i melding til Stortinget hausten 2019 leggje fram ein gjennomgang av reforma og korleis regjeringa vil følgje opp anbefalingane frå Difi. Meldinga er òg ei oppfølging av Stortingets oppmodingsvedtak nr. 586 av 10. april 2018: «Stortinget ber regjeringen legge frem en plan som synliggjør politiets arbeid med IKT-kriminalitet og hvordan dette skal finansieres».

Vidare er regjeringas forslag om å løyve 83 mill. kroner til politidistrikta for å mogleggjere ei styrking av etterforskingskapasiteten med på å byggje opp under målsetjinga i reforma, i tillegg til at det legg til rette for betre resultat på straffesaksområdet. Regjeringa legg også til rette for å styrke kapasiteten hos Den høgare påtalemakta, noko som er i tråd med anbefalinga i NOU 2017: 5 En påtalemyndighet for fremtiden, ved å overføre 10 mill. kroner frå kap. 440 (Politidirektoratet – politi og lensmannsetaten) til kap. 445 (Den høgare påtalemakta). Midlane gjer bl.a. at Den høgare påtalemakta gjennom si fagleiing i større grad kan bidra til at politidistrikta si straffesaksbehandling er effektiv og held tilstrekkeleg kvalitet.

5 Objektsikring

Då Stortinget behandla Riksrevisjonens undersøking av objektsikring i Forsvaret og politiet hausten 2018, bestemte regjeringa at det skal utarbeidast ein heilskapleg plan for oppfølging av Riksrevisjonens anbefalingar.

5.1 Forpliktande framdriftsplan og finansiering for permanent grunnsikring

Politidirektoratets plan går over fem år. Planen omhandlar tiltak som er kostnadsberekna til 300 mill. kroner og omfattar sikring av skjermingsverdige objekt i politiet og alle operasjonssentralane. Planen skal sørge for at dei skjermingsverdige objekta til politiet er sikra i samsvar med forskrift innan utgangen av 2020. Arbeidet med å sikre skjermingsverdige objekt i politiet er i rute etter Politidirektoratets plan. Departementet viser til at det vart gitt ein utfyllande omtale av status for arbeidet med å sikre dei skjermingsverdige objekta i politiet i revidert nasjonalbudsjett for 2019.

5.2 Objektsikring med bruk av sikringsstyrkar frå politiet og Heimevernet

Politidirektoratet har gjennomført eit arbeid for å avklare, analysere og fastsetje ambisjonsnivået for objektsikring utført av politiet med bruk av sikringsstyrkar slik Instruks om sikring og vern av objekt føreset. Alle politidistrikt har peika ut objekt som ved ein trusselsituasjon krev sikring ved bruk av sikringsstyrkar. Heimevernsdistrikta har delteke i arbeidet med å avklare moglegheitene for bistand og samarbeid. Det er lagt planar for sikring av objekta, og det blir gjennomført jamlege øvingar. Analysar frå både politiet og Forsvaret viser at det ved alvorlege hendingar som krev ei langvarig og omfattande objektsikring med bruk av sikringsstyrkar ved objekta, vil vere behov for å prioritere mellom oppgåver, og etatane vil derfor ikkje kunne løyse alle oppgåver som i ein normaltilstand.

6 IKT-tryggleik

Politiet behandlar store mengder sensitiv informasjon, og god informasjonstryggleik er ein føresetnad for at oppgåvene kan løysast på ein effektiv og sikker måte. Politiet har etablert ei systematiske tilnærming til eigen informasjonstryggleik og gjennomfører ei rekkje tiltak for å beskytte informasjonen dei eig, f.eks. mot dataangrep, i samsvar med gjeldande krav og beste praksis. Arbeidet med IKT-tryggleiken i politiet er omfattande og samansett, og hausten 2018 vart det avdekt ytterlegare sårbarheiter i IKT-infrastrukturen og styringssystemet i politiet. Justis- og innvandringsministeren har i si fråsegn til Riksrevisjonens årlege revisjon av Justis- og beredskapsdepartementet og underliggjande verksemder for 2018 (Dokument 1 (2019–2020)) gjort greie for politiets arbeid med IKT-tryggleik.

Kap. 440 Politidirektoratet – politi- og lensmannsetaten

(i 1 000 kr)

Post

Betegnelse

Regnskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Driftsutgifter

17 482 948

18 016 648

18 622 616

21

Spesielle driftsutgifter

106 100

139 507

137 495

22

Søk etter omkomne på havet, i innsjøer og vassdrag, kan overføres

12 381

9 189

9 436

23

Sideutgifter i forbindelse med sivile gjøremål

22 550

28 163

26 819

25

Retur av asylsøkere med avslag og andre utlendinger uten lovlig opphold, overslagsbevilgning

109 003

128 533

95 528

45

Større utstyrsanskaffelser og vedlikehold, kan overføres

518 857

1 184 480

950 030

48

Tildeling fra EUs indre sikkerhetsfond (ISF), kan overføres

92 100

70

Tilskudd

89 500

72 383

66 446

71

Tilskudd Norsk rettsmuseum

5 108

5 256

6 197

73

Tilskudd til EUs grense- og visumfond

191 626

184 000

236 635

Sum kap. 0440

18 538 073

19 768 159

20 243 302

7.1 Omtale av verksemda

Politiet skal gjennom førebyggjande, handhevande og hjelpande verksemd vere ledd i samfunnets samla innsats for å fremme og sikre tryggleiken, rettstryggleiken og den elles alminnelege velferda for borgarane, jf. politilova § 1.

Politi- og lensmannsetaten er organisert med eit sentralt direktorat (Politidirektoratet) med til saman 21 underliggjande einingar, som består av:

  • 12 politidistrikt

  • 5 særorgan med nasjonale oppgåver (Kripos, Økokrim, Politiets utlendingseining, Utrykkingspolitiet og Politihøgskolen)

  • 4 andre underliggjande einingar (Politiets fellestenester, Politiets IKT-tenester, Nasjonalt ID-senter og Grensekommissariatet)

Bemanninga i Politidirektoratet, politidistrikta, særorgan og andre spesialeiningar (men utan Politihøgskolen kap. 442, Grensekommissariatet kap. 448 og PST sentralt kap. 444) utgjorde 16 576 årsverk per 31. mars 2019. Som det er illustrert under punkt 4 i Del III, er den totale bemanninga i politiet per 31. mars 2019 om lag 17 600 årsverk, der om lag 13 850 er i politidistrikta. Det er totalt om lag 10 400 politiårsverk i politiet, der om lag 9 350 er i politidistrikta. I perioden desember 2013 t.o.m. mars 2019 har bemanninga i politidistrikta auka med om lag 1 700 årsverk, der over 1 450 er politiårsverk. Til samanlikning har bemanninga i Politidirektoratet auka med om lag 125 årsverk, der om lag 25 er politiårsverk. I underkant av 90 pst. av auken i politiårsverk har kome i politidistrikta.

Politidirektøren har ansvar for fagleg leiing, styring, oppfølging og utvikling av kultur og leiing i heile politi- og lensmannsetaten, med dei avgrensingane som følgjer av at Riksadvokaten har det faglege overordna ansvaret for all straffesaksbehandling (nærmare omtale under kap. 445 Den høgare påtalemakta).

Med utgangspunkt i måla for straffesakskjeda, migrasjonskjeda og samfunnstryggleik og beredskap som gjeld politi- og påtalemakta (sjå tabell under punkt 1.2), er det utarbeidd fem verksemdsspesifikke mål for politiet:

  • redusert kriminalitet gjennom effektiv førebygging

  • effektiv straffesaksbehandling med høg kvalitet

  • tryggleiken og sikkerheita til befolkninga blir vareteken

  • alle som oppheld seg i Noreg, har avklart identitet og lovleg opphald

  • tilgjengelege tenester med god service

7.2 Redusert kriminalitet gjennom effektiv førebygging

Den mest effektive førebyggjande innsatsen er den som hindrar at kriminaliteten skjer.

God samhandling på tvers av tradisjonelle etatsgrenser, forvaltningsnivå og tenester er nødvendig for å drive effektiv førebygging. Kvaliteten på innsatsen i éin sektor kan vere heilt avgjerande for måloppnåinga i andre sektorar. Å sikre tryggleik i samfunnet er eit sentralt velferdsspørsmål og eit offentleg ansvar. For å lukkast med kriminalitetsførebygging er det avgjerande å etablere strukturar for samhandling og gjensidig forplikting og å vere føreseieleg.

Politiet har over tid utvikla ein god førebyggjande innsats på fleire område. Blant dei gjennomførte tiltaka er ordninga med politiråd og etablering av politikontaktar. Desse er viktige grep for å styrke samhandling mellom politi og lokalsamfunn. Politidistrikta arbeider med å tilby kommunane ein avtale om tenestetilbod. Dette er avtalar mellom to likeverdige partar, som er forhandla fram lokalt for å skape meir føreseielege vilkår og forplikting mellom politi og kommune. I alle politidistrikt er funksjonen næringslivskontakt etablert, og i elleve distrikt er det etablert radikaliseringskontakt. Desse skal bl.a. formidle oppdatert kunnskap om trusselbiletet til relevante verksemder og aktørar, og slik setje dei i stand til å førebyggje kriminalitet der risikoen for dette er stor. I tillegg skal dei vere pådrivarar for samhandling mellom politi, kommunar, kontrolletatar og næringsliv.

Etterretning er avgjerande for å skaffe politiet eit godt bilete av kriminalitetstruslane. Det gir grunnlag for rette prioriteringar og er såleis eit viktig ledd i det førebyggjande arbeidet. Politiet arbeider med å vidareutvikle nødvendig kunnskap for å vurdere kva nasjonale kriminalitetsfenomen og -truslar som bør prioriterast.

Bruken av digital teknologi og internettbaserte kommunikasjonssystem i samfunnet har fått store følgjer for korleis kriminaliteten har utvikla seg dei seinare åra. Ein veksande del av den totale kriminaliteten rammar IKT-system eller blir utført via internett, og elektroniske spor inngår i etterforskingsarbeidet i dei aller fleste straffesaker. Dette bidrar til auka saksmengd og større kompleksitet i sakene, og det gjer etterforskinga meir tid- og ressurskrevjande.

Noreg er eit velståande land som gjer oss til eit attraktivt mål for svindlarar. Innbyggjarane blir utsette for ei rekkje former for IKT-relatert kriminalitet. Nokre grupper, som barn eller eldre, kan vere meir sårbare enn andre. Ei kartlegging frå 2018 viser at sjølv om 9 av 10 føler seg trygge på internett, har mange barn og unge negative erfaringar på nett og opplever kriminalitet. Kriminelle brukar ulike framgangsmåtar for å lure enkeltpersonar eller organisasjonar til å overføre pengar eller informasjon til dei på falske premissar. Dette kan for eksempel være toppsjefsvindel eller dating-bedrageri.

Vidare kan programvarer som stel brukardata, kredittkortinformasjon og innloggingsinformasjon frå infiserte datamaskiner skape store problem for både enkeltpersonar og verksemder. Mange mottek e-postar som inneheld skadevare, slik at datamaskina blir infisert. Bedrageri og utpressing på nett er aukande. IKT-relatert kriminalitet kan medføre store økonomiske tap både for bedrifter og enkeltindivid. I tillegg vil bedrifter som blir råka kunne tape tillit og omdømme.

Det er lagt grunnlag for sterkare IKT-fagmiljø i politidistrikta, og nasjonal kapasitet er under oppbygging gjennom eit nasjonalt cyberkrimsenter (NC3) ved Kripos. På dette senteret blir ressursar og kompetanse samla i ei nasjonal eining for å styrke politiet sitt arbeid med kriminalitet som blir utført på eller ved hjelp av internett eller mot IKT-system. Den nasjonale eininga vil også bidra til å støtte opp under arbeidet som blir gjort i dei enkelte politidistrikta. Nasjonalt og internasjonalt samarbeid og meir bruk av teknologi i førebygging, etterforsking og metodeutvikling er sentralt.

Politiet er til stades på nett, og informasjon om trygg nettbruk og ulike former for internettrelaterte straffbare forhold er gjort tilgjengeleg. For å sikre ein meir heilskapleg innsats på tvers av sektorar har regjeringa starta arbeidet med ein strategi mot internettrelaterte overgrep mot barn. Dette arbeidet er ein del av regjeringa sin opptrappingsplan mot vald og overgrep. Eit viktig fokus så langt har vore å få på plass meir kunnskap og forsking, bl.a. om korleis norske barn handterer risiko på internett. Sjå også pkt. 7.2.5.1 om undersøkinga EU Kids Online.

Politiets tryggingsteneste (PST) bidrar på ei rekkje måtar til førebygging av IKT-kriminalitet som kan ramme grunnleggjande nasjonale funksjonar og kritisk infrastruktur. PSTs innhenting, analyse og formidling av informasjon gjer at forvaltninga og sentrale verksemder får kunnskap om kva truslar PST meiner dei bør beskytte seg mot. PST og andre delar av politiet, i tillegg til andre etatar, gir kunnskapsbaserte råd om korleis kvar enkelt verksemd kan redusere sin eigen sårbarheit og beskytte IKT-systema sine mot angrep. Sjå kap. 444 for meir informasjon om PSTs arbeid på dette området.

7.2.1 Tidleg innsats mot barne- og ungdomskriminalitet

Analysane til politiet har gjennom fleire år vist ein nedgang i den registrerte kriminaliteten blant barn og unge, før det i 2016 og 2017 var ein auke. I 2018 har det vore ein svak nedgang i den registrerte kriminaliteten blant barn under 15 år samanlikna med i 2017, mens talet er stabilt for dei mellom 15 og 17 år.

I Oslo er politiinnsatsen styrkt i utsette område for å følgje opp unge i risikosona og forhindre rekruttering til miljø som driv med kriminalitet. Områdesatsinga i Oslo blir vidareført i 2020. Målet er å bidra til å oppretthalde den styrkte førebyggjande innsatsen frå politiet gjennom at politiet er sterkare til stades i utsette område, tettare oppfølging av unge i risikosonen og sterkare samarbeid mellom politiet og dei andre aktørane i det kriminalitetsførebyggjande arbeidet.

Nokre barn og unge blir registrerte for kriminalitet gjentekne gonger. Eit fåtal av desse sluttar ikkje med kriminalitet og står for ein stor del av den totale kriminaliteten blant unge. Enkelte er òg sårbare for å bli rekrutterte til kriminelle gjengmiljø. Dei har ofte samansette utfordringar, noko som krev samarbeid mellom ulike offentlege instansar. Det er framleis behov for å vidareutvikle strategiar og tiltak for å førebyggje kriminalitet blant unge kriminelle gjengangarar.

Politiet sin innsats mot unge gjengangarar og det førebyggjande arbeidet mot rekruttering av unge til kriminelle gjengmiljø er viktig. I 2019 vil det i Oslo bli gjennomført ei undersøking og ein analyse av barn og unge som blir registrerte for kriminalitet gjentekne gonger.

Det er viktig å opparbeide god kunnskap om årsakene til at barn og unge gjer kriminelle handlingar, og at dei ulike instansane saman utviklar gode og målretta førebyggjande tiltak. Strafferettslege reaksjonar må innrettast slik at dei i størst mogleg grad hindrar nye lovbrot. Det er òg viktig å sikre at reaksjonen kjem raskt etter lovbrotet. Overfor lovbrytarar under 18 år skal ikkje fengsel nyttast dersom det finst andre alternativ.

Straffereaksjonane ungdomsstraff og ungdomsoppfølging blir nytta i alle politidistrikta. Nordlandsforsking har gjennomført ei følgjeevaluering av straffereaksjonane. Sekretariatet for konfliktråda og Politidirektoratet samarbeider om analysar for å finne årsaker til tilbakefall til kriminalitet og eigna tiltak for å redusere dette. Sjå omtalen under programkategori 06.70.

For å få ein heilskapleg innsats overfor barn og unge som gjer seg skuldig i eller som står i fare for å gjere seg skuldig i kriminalitet, har regjeringa bestemt seg for å etablere eit tverrfagleg samarbeid. I regjeringa si politiske plattform framkom det bl.a. at det skal lagast ein ny handlingsplan mot barne- og ungdomskriminalitet.

7.2.2 Gjengkriminalitet

Det er over tid lagt ned mykje innsats i nedkjempinga av dei kriminelle nettverka i Noreg. Regjeringa er oppteken av å oppretthalde og styrke innsatsen.

Utfordringar knytte til kriminelle nettverk og gjengar er størst på det sentrale austlandsområdet, men utfordringane treff også andre politidistrikt. Politidirektoratet og Riksadvokaten sette i 2019 i verk ein nasjonal operasjon mot kriminelle nettverk i Noreg. Operasjonen vil bidra til å betre, styrke og koordinere den eksisterande innsatsen på område og vil involvere særorgana og alle politidistrikta.

I statsbudsjettet for 2019 vart det løyvd særskilde midlar til ein styrkt politiinnsats mot ungdomskriminalitet og gjengkriminalitet. Det er foreslått å vidareføre løyvinga i 2020.

7.2.3 Profittmotivert kriminalitet

Meir vekt på førebygging, betre kunnskapsgrunnlag og meir målretta informasjon skal bidra til å gjere marknaden mindre for dei kriminelle aktørane. Strategien mot arbeidslivskriminalitet utgjer ein viktig del av regjeringa sine samla tiltak mot økonomisk kriminalitet.

Dei sju tverretatlege, samlokaliserte einingane mot arbeidslivskriminalitet (a-krimsenter) bidrar til å styrke arbeidet mot arbeidslivskriminalitet. Politiet, Arbeidstilsynet, NAV og skatteetaten har gjennom felles årsrapport for 2018 vist til eit framleis godt operativt samarbeid mellom etatane, og dei viser til at omfanget av arbeidslivskriminalitet ikkje aukar. Felles styringsmodell for a-krimsentera har bidratt til å knyte etatane i sentera tettare saman. Politiet deltek i tverretatlege samarbeid i distrikt der det ikkje er etablert a-krimsenter.

Regjeringa har etablert eit nasjonalt tverretatleg analyse- og etterretningssenter (NTAES) for å styrke innsatsen mot økonomisk kriminalitet, inkludert arbeidslivskriminalitet. Politiet, skatteetaten, tolletaten, arbeids- og velferdsetaten og Arbeidstilsynet deltek. I 2018 la NTAES fram ein rapport om kva sanksjonsmoglegheiter etatane har, og ein rapport om kriminelle i arbeidslivet basert på ein analyse av straffesaksregisteret til politiet. NTAES skal evaluerast i 2020.

Regjeringa sin reviderte strategi mot arbeidslivskriminalitet skal følgjast opp i 2020.

Informasjonsutveksling er viktig for å få til eit effektivt tverretatleg samarbeid mellom dei ulike kontrolletatane og politiet, på både strategisk og operativt nivå. Forvaltningslovutvalet leverte 14. mars 2019 utgreiinga si, NOU 2019: 5 Ny forvaltningslov, som inneheld eit forslag til ny forvaltingslov. Eit av forslaga frå utvalet er at det skal bli ein utvida tilgang til informasjonsdeling mellom forvaltingsorgan enn i dag. Arbeidet med å forbetre regelverket for informasjonsutveksling mellom politi og kontrolletatane skal halde fram i 2020.

Som ein del av oppfølginga av regjeringa sin strategi mot kvitvasking, terrorfinansiering og spreiing av masseøydeleggingsvåpen arbeider Politidirektoratet med å forbetre statistikkane for inndraging, under her bl.a. verdifastsetting av inndratte gjenstandar for statistikkformål.

7.2.4 Vald og overgrep

Det er store mørketal når det gjeld vald, mishandling og seksuallovbrot. Det kan vere vanskeleg å melde ein nærståande til politiet, og mange utsette gjer det ikkje. Derfor er det utfordrande å avdekke og stanse slike overgrep og gi utsette nødvendig hjelp. Det er avgjerande at ein er open om tematikken i det offentlege ordskiftet, og at politiet, påtalemakta og hjelpeapparatet prioriterer dei alvorlege valds- og overgrepssakene. Omsynet både til den utsette og til oppklaringa av saka gjer at det er viktig at etterforskinga kjem raskt i gang, og at tida det tek frå saka blir meld til politiet, og til ho er ferdig behandla, er så kort som råd. Ei anna utfordring er å få til eit godt samarbeid mellom politiet og dei ulike hjelpetenestene. Godt samarbeid er ein føresetnad for effektiv førebygging og god hjelp til utsette.

Stadig fleire saker som gjeld ulike former for overgrep som skjer via internett, blir etterforska. Det er også grunn til å tru at mørketala er store. Sakene er ofte omfattande med mange offer både innanlands og utanlands. I ein del av sakene er svært små barn blitt utsette for alvorlege overgrep. Innsatsen til politiet må halde følgje med denne utviklinga.

Europarådskonvensjonen om førebygging og nedkjemping av vald mot kvinner og vald i nære relasjonar (Istanbul-konvensjonen) vart sett i verk i Noreg 1. november 2017. Konvensjonen gir føringar for regjeringa sitt arbeid med vald mot kvinner og vald i nære relasjonar framover. Konvensjonen understrekar behovet for ein heilskapleg og samordna politikk, der førebygging, vern og straffeforfølging er kjerneområde for innsats. Regjeringa skal rapportere om implementeringa av konvensjonen første gong våren 2020.

Justis- og beredskapsdepartementet vil vidareutvikle samarbeidet med relevante EØS-land i dette arbeidet gjennom forpliktingane i Istanbul-konvensjonen. Departementet vil i 2020 vidareutvikle det tverrfaglege nettverket SYNERGY, som vart etablert i 2018 mellom mottakarland og norske aktørar innan innsats mot vald i nære relasjonar. Målet er å hente ut synergieffektar slik at tiltak som er støtta av EØS-midlane, får større påverknad på situasjonen i Europa enn kvart enkelt tiltak kvar for seg. Samarbeidet med frivillig sektor i Noreg skal òg vidareutviklast. Justis- og beredskapsdepartementet prioriterer vidare innsats og samarbeid om vald mot kvinner og vald i nære relasjonar gjennom EØS-midlane.

Regjeringa sitt arbeid mot vald og overgrep er organisert gjennom fleire tverrdepartementale planar som dekker alle former for vald i nære relasjonar, inklusiv vald og overgrep i parforhold, vald og overgrep mot barn og dessutan tvangsekteskap og kjønnslemlesting. Regjeringa har bestemt at det skal utarbeidast ein ny handlingsplan mot vald i nære relasjonar. Handlingsplanen skal vareta Noregs forpliktingar i Istanbul-konvensjonen og vil ha ein eigen del om vald og overgrep i samiske samfunn. Justis- og beredskapsdepartementet vil vidareutvikle samarbeidet med Sametinget om forsking og førebyggjande tiltak i arbeidet mot vald og overgrep.

Regjeringa la i 2019 fram ein ny handlingsplan mot valdtekt. Handlingsplanen fokuserer på målretta og førebyggjande innsats, eit godt hjelpetilbod etter valdtekt, god fagleg oppfølging av fornærma, god etterforskingskvalitet og meir kunnskap og kompetanse. Handlingsplanen mot valdtekt skal bidra til å sikre god forankring og heilskapleg og samordna innsats på eit område der mange sektorar har sin del av ansvaret. Planen er derfor utarbeidd i samarbeid mellom Barne- og familiedepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Kunnskapsdepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet.

Arbeidet mot vald og overgrep

Regjeringa la i oktober 2016 fram Prop. 12 S (2016–2017) Opptrappingsplan mot vold og overgrep (2017–2021). Planen skal redusere førekomsten av vald i nære relasjonar og styrke varetakinga av barn som er utsette for overgrep. Tiltaka i planen blir gjennomførte i perioden 2017 til 2021. Justis- og beredskapsdepartementet følgjer òg opp fleire oppmodingsvedtak om tema som ligg nær opptrappingsplanen, bl.a. om besøksforbod og omvend valdsalarm. Status for oppmodingsvedtaka blir omtalt i del I av budsjettproposisjonen. Nedanfor følgjer ei oversikt over status for tiltaka i opptrappingsplanen:

Omsynet til dei som blir utsette for vald og overgrep, er viktig i heile straffesakskjeda. Regjeringa etablerte i 2017 støttesenter for kriminalitetsutsette i alle dei 12 politidistrikta, i nært samarbeid med kommunane. Sentera skal styrke stillinga til dei fornærma gjennom straffesakskjeda og bidra til at valdsoffer og deira pårørande blir tekne hand om. I 2018 hadde sentera til saman rundt 2000 brukarar. Støttesentera for kriminalitetsutsette skal evaluerast i 2019/2020. Ordninga skal sjåast i samanheng med erfaringane frå Prosjekt November i Oslo politidistrikt.

Politiet disponerer fleire verkemiddel for å beskytte personar som er utsette for vald og truslar i nære relasjonar. For at politiet skal bruke verkemidla meir og på riktig måte, blir det gjennomført evalueringar. NOVA/OsloMet gjennomførte i 2018 ei evaluering av besøksforbodet, inkludert korleis politiet følgjer opp brot på besøksforbod. Rapporten viser at det er utfordringar knytte til praktisering og handheving av denne ordninga i politiet. T.d. er terskelen for å påleggje besøksforbod høg. Rapporten blir no følgd opp av Politidirektoratet og Riksadvokaten.

Ordninga med kontaktforbod med elektronisk kontroll (omvend valdsalarm) tredde i kraft 1. februar 2013. Per 1. juli 2019 var det lagt ned påstand om omvend valdsalarm i 31 saker. Talet kan verke lågt, og kunnskapen om årsaka til dette er avgrensa. Derfor er det sett i gang ei evaluering med mål om å kaste lys over kva som hemmar og fremmar bruken av dette tiltaket. Evalueringa blir gjennomført av OsloMet/NOVA og blir ferdigstilt tidleg i 2020. Det vil også bli gjennomført ei utgreiing av spørsmålet om å utvide ordninga til også å gjelde straffeprosessuelt besøksforbod.

Politidirektoratet har etablert retningslinjer for politiets bruk av kode 6 (strengt fortruleg adresse) og samarbeid med andre tenester i slike tilfelle. Bruken av vernetiltaket kode 6 skal evaluerast.

Det er nemnt opp eit offentleg utval som skal greie ut spørsmål knytte til partnardrap. Utvalet skal sjå på forhold som kan ha innverknad på førebygging av slike drap. Bl.a. skal utvalet kartleggje om styresmaktene kunne gjort meir, inklusiv å identifisere og handtere risikofaktorar.

Kapasiteten og kompetansen ved Statens barnehus og ved etterforsking av saker om vald og overgrep mot barn er styrkt dei siste åra. I mars 2018 vart det etablert underavdelingar av Statens barnehus i Førde og i Kirkenes.

Figur 2.10 Tal på tilrettelagde avhøyr 2013–2018

Figur 2.10 Tal på tilrettelagde avhøyr 2013–2018

Kilde: Politiets driftsstatistikk (STRASAK)

Erfaringane med barnehus er gode. Over nokre år har det vore ein betydeleg auke i talet på tilrettelagde avhøyr, frå 2 650 i 2013 til i underkant av 5 600 tilrettelagde avhøyr i 2018. Talet på gjennomførte avhøyr i 2018 er ein nedgang på 11,6 pst. samanlikna med 2017. Fleire faktorar kan gi ei mogleg forklaring på nedgangen. Talet på avhøyr vil bl.a. avhenge av det til ei kvar tid føreliggjande sakstilfanget og konkrete vurderingar i den enkelte sak kor vidt vilkåra for behovet for tilrettelagde avhøyr føreligg. Kapasiteten av etterforskarar, påtalejuristar og avhøyrarar kan vidare påverke politidistrikta si faktiske evne til å gjennomføre tilrettelagde avhøyr.

Prosentdelen av førstegongsavhøyr som er gjennomførte innan fristen hos barnehusa, har halde seg stabil. I 2018 vart 51 pst. av førstegongsavhøyra gjennomførte innan fristen, mot 52 pst. i 2017. For seksuallovbrot vart 59 pst. av førstegongsavhøyra gjennomførte innan fristen i 2018, mot 56 pst. i 2017. Brot på fristane for gjennomføring av tilrettelagde avhøyr har over tid vore ei utfordring. Dette har fleire årsaker. Hovudårsaka til fristbrot er knytt til kapasitet og ressursmangel hos dei som skal ta avhøyr, og hos avhøyrsleiarane.

I 2016 vart det utarbeidd felles retningslinjer for drifta av Statens barnehus. Retningslinjene skal reviderast. Det er sett av midlar til evaluering av Statens barnehus i 2019.

I 2014 vart det starta opp eit forskingsprogram om vald i nære relasjonar, som blir gjennomført av NOVA/OsloMet og Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS). Programmet blir vidareført for perioden 2019–2024. NKVTS skal som ein del av programmet gjennomføre ei ny undersøking av omfanget av vald i nære relasjonar.

Undersøkinga EU Kids Online 2018 gir kunnskap om norske barns bruk av internett, bl.a. risiko og tryggleik for barn på nettet. Resultata frå undersøkinga viser at dei fleste norske barn mellom 9 og 17 år har eit aktivt forhold til internett, og det store fleirtalet har eigne einingar med tilgang til internett. Prosentdelen som har opplevd noko som har plaga eller opprørt dei via internett, er stabil samanlikna med ei tilsvarande undersøking gjennomført i 2010. Dei norske resultata vil bli samanlikna med resultat frå andre europeiske land i ein eigen rapport, som blir publisert hausten 2019.

For å styrke den forskingsbaserte kunnskapen rundt temaet førebygging av seksuelle overgrep mot barn, vil det bli satt av 5 mill. kroner. Midlane skal lysast ut og skal omfatte fleire ulike fagområde. Sjå omtale under kap. 400, post 23.

Regjeringa oppmodar kommunane om å utarbeide kommunale handlingsplanar mot vald i nære relasjonar. NKVTS har kartlagt korleis kommunane bruker handlingsplanane, korleis dei implementerer planane i den daglege verksemda, og kva dei treng for å utvikle gode planar. Resultata frå arbeidet til NKVTS blir følgde opp i samarbeid mellom dei aktuelle departementa.

Prosjekt November i Oslo politidistrikt bidrar til meir tilgjengelege tenester og betre oppfølging av og tryggleik for dei som er utsette for vald i nære relasjonar. Arbeidet er vidareført og utvida i 2019. Bakgrunnen for utvidinga er samanhengen mellom ungdomskriminalitet og dårlege oppvekstvilkår med vald og overgrep i familien. Evalueringa frå prosjektet vart ferdigstilt våren 2019 og vil brukast til å avgjere om tiltaket skal utvidast til andre politidistrikt.

7.2.5 Hatkriminalitet

Politiet definerer hatkriminalitet som straffbare handlingar som heilt eller delvis er motivert av, eller som har bakgrunn i, hat eller negative haldningar til religion eller livssyn, hudfarge, nasjonalt eller etnisk opphav, homofil orientering og/eller nedsett funksjonsevne. I 2018 tok politiet imot totalt 624 meldingar om hatkriminalitet på landsbasis. Det har vore ein jamn auke sidan 2014, då talet var 223.

Figur 2.11 Meldingar om lovbrot med hatmotiv

Figur 2.11 Meldingar om lovbrot med hatmotiv

Kilde: Politiets driftsstatistikk (STRASAK).

Auken i talet på melde saker kan bl.a. forklarast med ei meir korrekt registrering av saker som følgje av auka kunnskap om hatkriminalitet i politiet. Innføringa av felles straffesaksinntak har medført ei auka forståing av fenomenet og betre integrering av hatkriminalitet i politiet. I 2018 vart ein rettleiar for registrering av hatkriminalitet utarbeidd til bruk i politidistrikta. Dette var for å sikre ei meir einsarta handtering av saksfeltet. Samstundes er mørketala framleis ei utfordring. Politiet er avhengig av tilliten til publikum for at saker skal bli meldt inn. Arbeidet mot hatkriminalitet heng saman med det førebyggjande arbeidet som PST driv mot radikalisering og valdeleg ekstremisme, sjå kap. 444.

7.2.6 Einingar for nedkjemping av dyrevelferdskriminalitet («dyrepoliti»)

For å hindre mishandling av dyr frå menneske, og sikre at kriminaliteten mot dyr ikkje utviklar seg til ny kriminalitet, har regjeringa no etablert totalt fem einingar for nedkjemping av dyrevelferdskriminalitet. To nye einingar for nedkjemping av dyrevelferdskriminalitet er etablerte i Innlandet og Vest politidistrikt i 2019. Dei tre andre einingane ligg i Aust, Sør-Vest og Trøndelag politidistrikt. Både Mattilsynet og Politidirektoratet meiner at prosjekta så langt har gitt betre etterforsking, bevissikring og saksførebuing.

Ei ny eining for nedkjemping av dyrevelferdskriminalitet skal etablerast i Troms politidistrikt i 2020.

7.3 Effektiv straffesaksbehandling med høg kvalitet

Ei effektiv straffesaksbehandling med høg kvalitet og god rettstryggleik er ein føresetnad for den alminnelege tilliten til politiet og rettssystemet og for at borgarane skal kjenne seg trygge. Hovudmålet med straffesaksbehandlinga er å bidra til redusert kriminalitet gjennom allmenn- og individualprevensjon.

7.3.1 Status i straffesaksbehandlinga

Talet på komplekse og krevjande saker har auka i 2018, noko også utviklinga i straffesaksbehandlinga viser. Tida som går med til etterforsking, har auka for dei fleste sakstypar, og politiet bruker ein stor del av dei samla etterforskingsressursane på dei prioriterte kriminalitetstypane. Sjå omtale under pkt. 7.3.2.

Figur 2.12 Saksbehandlingstid 2013–2018 (tal på dagar)

Figur 2.12 Saksbehandlingstid 2013–2018 (tal på dagar)

Saksbehandlingstid er tida frå politimelding til påtaleavgjerd i ei sak.

Kilde: Politiets driftsstatistikk (STRASAK).

Gjennomsnittleg saksbehandlingstid har auka frå 96 dagar i 2017 til 101 dagar i 2018 for alle oppklarte saker. Den gjennomsnittlege saksbehandlingstida i saker der mistenkte var under 18 år, har i 2018 overstige målkravet på 42 dagar (50 dagar i 2018). For valdssaker med særskild frist (grov kroppskrenking og kroppsskade) ligg resultatet på 152 dagar i 2018, over måltalet på 90 dagar. Gjennomsnittleg saksbehandlingstid for valdtektssaker har overstige målkravet på 130 dagar (229 dagar i 2018). Med unntak for økonomi- og arbeidsmiljølovbrot var gjennomsnittleg saksbehandlingstid innan alle kriminalitetstypane lengre for dei oppklarte sakene i 2018 enn i 2017. Politiet sin eigen kapasitetsundersøkelse konkluderer med at det er behov for å analysere saksbehandlingstida frå registrert til rettskraftig avslutta sak for å identifisere kvar det oppstår liggje- og ventetid i straffesaksbehandlinga, og kva oppgåver som lagar eventuelle flaskehalsar.

Figur 2.13 Ikkje påtaleavgjorde saker eldre enn tre månader (restansar) 2013–2019

Figur 2.13 Ikkje påtaleavgjorde saker eldre enn tre månader (restansar) 2013–2019

Tal for 2019 er per første tertial

Kilde: Politiets driftsstatistikk (STRASAK)

Restansar er definert som ikkje påtaleavgjorde saker som er eldre enn tre månader. Etter ein auke i restansane i politiet dei siste to åra viser tal frå første tertial 2019 at restansane for ikkje påtaleavgjorte saker totalt er nedarbeidde med meir enn 3 000 saker sidan nyttår. Per første tertial 2019 hadde politiet 37 644 saker som var eldre enn tre månader og ikkje var påtaleavgjorde.

Oppklaringsprosenten for lovbrot totalt var 52 pst. i 2018. Dette var noko lågare enn i 2017, då oppklaringsprosenten var på 53 pst., men 2 prosentpoeng betre enn i 2013. Oppklaringsprosenten har auka for seksual-, valds- og økonomilovbrot, men har falle for dei andre kriminalitetstypane.

7.3.2 Ressursbruk i straffesaksbehandlinga

I 2018 vart det starta eit arbeid med å få betre innsikt i ressursbruken og ressursbehovet til politiet innan straffesaksbehandlinga. Ei kapasitetsundersøking har berekna tilgjengelege etterforskingsressursar, tilgjengelege arbeidstimar på etterforskingsområdet og tidsbruken på oppgåvene som må løysast for å handtere straffesaksporteføljen i politidistrikta. Det er kartlagt 4 920 årsverk dedikerte til etterforsking, og ressursbruken fordeler seg mellom ulike sakskategoriar som vist i figuren nedanfor.

Figur 2.14 Fordeling av kapasitet mellom dei tre alvorlegheitskategoriane slik politiet arbeidde med straffesakene i 2017

Figur 2.14 Fordeling av kapasitet mellom dei tre alvorlegheitskategoriane slik politiet arbeidde med straffesakene i 2017

Kilde: Politidirektoratet (2019), Kapasitetsvurdering av etterforskingsområdet

Undersøkinga gir innsikt i kva ressursar dagens straffesaksportefølje krev, og gjer det mogleg å betre planlegginga og utnyttinga av ressursar på etterforskingsområdet. Det kjem bl.a. fram at politiet bruker 32,5 pst. av den totale etterforskingskapasiteten på dei mest alvorlege sakskategoriane, sjølv om desse berre utgjer 2,9 pst. av den totale saksporteføljen. Dette viser at politiet prioriterer ressursane sine på dei mest alvorlege sakene. Dei mest alvorlege sakskategoriane omfattar drap og drapsforsøk, grove doping-/narkotikalovbrot, seksuallovbrot mot barn under 16 år, valdtekt og mishandling i nære relasjonar. Ei sak i kategorien drap og drapsforsøk tek i gjennomsnitt 445 gangar så lang tid å ferdigstille som ei sak i kategorien anna vinning, som inngår i kategorien mengdesaker.

7.3.3 Etterforskingsløftet

Stortinget ba i Innst. 306 S (2014–2015) regjeringa om å sørge for ein nasjonal handlingsplan for eit løft av etterforskingsfeltet. Politidirektoratet og Riksadvokaten har saman utvikla ein handlingsplan. Etterforskingsløftet skal bidra til at delen straffesaker som blir oppklart, aukar, at saksbehandlingstida går ned og at talet på ikkje påtaleavgjorde saker blir redusert. Det blir òg forventa at kvaliteten i straffesaksarbeidet blir betre, slik at innbyggjarane får betre rettstryggleik.

Riksadvokaten har i brev til Justis- og beredskapsministeren presisert at kvaliteten i behandlinga av dei alvorlege sakene er gjennomgåande god. Straffesakene blir i dag betre, og ikkje minst jamnare, etterforska enn tidlegare. God kvalitet og effektiv saksbehandling heng bl.a. saman med evna til å rekruttere og halde på kvalifisert personell på etterforskingsfeltet over tid. Med bakgrunn i at talet på alvorlege og ressurskrevjande saker har auka, foreslår regjeringa å løyve 83 mill. kroner til politidistrikta for å mogleggjere ei styrking av etterforskingskapasiteten.

7.3.4 Elektronisk samhandling

Prosjektet Elektronisk samhandling mellom aktørane i straffesakskjeden (ESAS) har i løpet av 2017 og 2018 etablert ein effektiv, sikker og robust digital felleskomponent for utveksling av data (Justishub) innan straffesakskjeden. Prosjektet vart gjennomført i tett samarbeid mellom Domstolsadministrasjonen (DA), Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI) og Politidirektoratet (POD, som også varetok behovet for Den høgare påtalemakta).

Etableringa av Justishub legg til rette for ei meir effektiv straffesakskjede og auka rettssikkerheit. Regjeringa foreslår å løyve 30 mill. kroner i 2020 til særleg å koble fleire sentrale verksemder i straffesakskjeden på Justishub og å utvikle nye løysingar som gjer det mogleg å utveksle strukturert informasjon mellom fagsystem for utvalde arbeidsprosessar.

7.3.5 Politiets behandling av beslag i straffesaker

Riksrevisjonen har i Dokument 1 (2017–2018) ein merknad om at det er vesentlege svakheiter i korleis politiet behandlar og følgjer opp beslag i straffesaker.

Riksrevisjonen anbefaler at Justis- og beredskapsdepartementet sikrar at kontrollen, oppfølginga og rapporteringa frå Politidirektoratet på beslagsområdet blir tilpassa slik at ein oppnår ein effektiv intern kontroll basert på risiko og vesentlegheit. Justis- og beredskapsdepartementet følgjer opp anbefalingane frå Riksrevisjonen.

Departementet følgjer opp arbeidet Politidirektoratet gjer med beslagshandteringa i politiet.

Alle politidistrikta har meldt inn kontaktpunkt til Politidirektoratet på påtalesida, og ansvaret for beslag i straffesakene er nedfelt i dei lokale instruksverka i distrikta.

Alle politidistrikta har per 1. mai 2019 innført reviderte instruksar. Dette gjeld også rutinar for utkvittering og destruksjon av beslag.

Gjennom Politiets styringsverktøy (PSV) følgjer Politidirektoratet opp at anbefalingane frå Riksrevisjonen, pluss merknadene frå kontroll- og konstitusjonskomiteen, blir tekne opp til nødvendig avvikshandtering i einingane. Arbeidet med å utvikle robuste rutinar som sikrar tilfredsstillande behandling av beslag i straffesaker, vil halde fram også i 2020 og 2021.

Riksrevisjonen er orientert om status for beslagslokasjonar, gjennomførte kontrollar og politiet sin plan for lukking av avvik i brev datert 14. mai 2019.

7.4 Tryggleiken og sikkerheita til befolkninga blir vareteken

Politiet skal yte befolkninga hjelp og bistand i faresituasjonar, i lovbestemte tilfelle og elles når forholda tilseier at det er naturleg med behov for hjelp og bistand frå politiet. Politiet bidrar på samfunnstryggleiks- og beredskapsområdet gjennom førebygging, avdekking, handtering av hendingar, arbeid med tilbakeføring til normaltilstand og deltaking i læringsprosessar med formål om å sikre betre tenesteutøving. Dette krev kapasitet, kompetanse, teknologi, samhandling og god leiing. Det er likevel viktig å presisere at samfunnstryggleik og beredskap blir vareteke i samarbeid med andre etatar og organisasjonar, sjå også omtalen under pkt. 11 og programkategori 06.50.

7.4.1 Politiberedskap

Den viktigaste oppgåva for politiet som nødetat er å redde liv og avgrense skade. Det er derfor grunnleggjande at polititenesta er til stades der hendingar skjer, for å kunne førebyggje og løyse dei løpande oppgåvene. I innbyggjarundersøkinga for 2018 svarte 92 pst. at dei føler seg trygge der dei bur og ferdast. Å oppnå kontakt med politiet på nødnummer 112 er viktig både sidan innringaren har behov for hjelp raskt, og sidan politiet har behov for å kunne løyse oppdraget raskt og effektivt. Resultatet for 2018 viser at politiet nasjonalt svarte på meir enn 95 pst. av alle oppringingar innan 20 sekund, og dermed nådde resultatkravet.

Krav om responstid vart innført av Politidirektoratet i 2015, og har vore eit viktig tiltak for å styrke bevisstheita i alle politidistrikt om korleis ein evnar å respondere på dei høgst prioriterte sakene. Grunnlaget for ei tilfredsstillande responstid er lagt gjennom etableringa av nye politidistrikt, nye operasjonssentralar og utvikling av kapasitet i politiet, i tråd med politireforma. Per første tertial 2019 innfrir politiet responstidskrava for område som har mellom 2 000 og 20 000 innbyggjarar. I område med meir enn 20 000 innbyggjarar er responstida om lag eitt minutt svakare enn kravet. Det same gjeld område med mindre enn 2 000 innbyggjarar. Resultata viser at responstida er på same nivå i 2019, som den var i 2015.

Regjeringa har styrka helikopterberedskapen i politiet. Det er i 2019 levert to nye politihelikopter, til erstatning for dei gamle politihelikoptera. Eit tredje helikopter blir levert i løpet av hausten 2019. Dei nye helikoptera har tilstrekkeleg transportkapasitet og vil frå 2020 være stasjonerte på Politiets nasjonale beredskapssenter saman med beredskapstroppen. Dei nye helikoptra vil styrke innsatsevna til politiet i heile Sør-Noreg, og dei vil også kunne plasserast andre stader i Noreg ved behov. Dei nye helikoptera vil òg fungere som eldstøtte- og innsettingsplattform.

Forsvarets Bell 412-helikopter står i dag på Bardufoss med ein times beredskap for politiet. Regjeringa anbefalte i Prop. 151 S (2015–2016) Kampkraft og bærekraft – Langtidsplan for Forsvaret å samle Bell 412-helikoptera på Rygge som dedikert helikopterkapasitet for spesialstyrkane. For å sikre at beredskapen for politiet er vareteken i Nord-Noreg, foreslår Regjeringa å setje i verk ei mellombels løysing for politiet sin beredskap i Nord-Noreg gjennom sivil innleige av helikopterberedskap. Regjeringa foreslår å auke løyvinga til politiet med 50 mill. kroner i 2020 til drift av den nye løysinga. I tillegg blir det foreslått ei rammeoverføring av 11 mill. kroner frå kap. 1733, post 01 under Forsvarsdepartementets budsjett til formålet. For å styrke redningsberedskapen i Nord-Noreg tek ein sikte på å opprette ein ny redningshelikopterbase i Tromsø basert på sivil innleige. Justis- og beredskapsdepartementet vil setje i gang ein konkurranse og hente inn anbod. Det blir foreslått at denne basen også leggjast til rette for å dekkje det spesielle behovet til politiet og at dette inkluderer dagens beredskap på ein time. Det vil på sikt bli vurdert om det er tenleg å gå over til Forsvaret som operatør av basen. Ei slik vurdering vil først kunne gjerast når ein har tilstrekkeleg erfaring med drift av dei nye helikoptera. Det tas sikte på at den nye redningshelikopterbasen setjast i drift i løpet av 2022.

Vidare har innsatsevna blitt styrkt gjennom ein auke av Innsatspersonell kategori 3 (IP3) i politidistrikta. Dette er tenestepersonar som får meir trening og er rusta til å handtere ekstra krevjande situasjonar i politidistrikta inntil distrikta får støtte frå nasjonale bistandsressursar, for eksempel ved kidnappingar og terrorhandlingar. Dagens IP3-mannskap gjennomfører årleg 103 timar trening i samsvar med fagplanar. Talet på personar med IP3-godkjenning har auka frå om lag 650 i 2013 til om lag 1 050 per første tertial i 2019. Vidare gjennomfører innsatspersonell i kategori 4 (IP4) årleg opplæring og trening på 48 timar i samsvar med eigne fagplanar. Nyutdanna politistudentar frå Politihøgskolen har IP4-godkjenning. Det er likevel viktig å understreke at auken i polititenestepersonar utover dei med IP-godkjenning er viktig for å sikre ein god beredskap. For mange av politistillingane som bidrar til å vareta tryggleiken i samfunnet vil det ikkje vere nødvendig med IP-godkjenning, eksempelvis innan beredskapsplanlegging, stabsteneste, etterretning og førebygging. Justis- og beredskapsdepartementet understrekar også at det er Politidirektoratets ansvar å fastsetje trenings- og øvingskrav, samt kapasitet, ut frå det til ei kvar tid gjeldande behov. Direktoratet vil sjå nærmare på korleis ein bør innrette IP3-mannskapet framover, bl.a. fordi krava til IP4-mannskap er forsterka.

Regjeringa signerte i september 2018 ein avtale med regjeringa i Sverige om bruk av dei særlege innsatseiningane, slik at dei raskt skal kunne hjelpe kvarandre i samband med handtering av krisesituasjonar. Stortinget samtykte til avtaleinngåinga 11. juni 2019, i samsvar med Innst. 359 S (2018–2019), jf. Prop. 103 S (2018–2019).

Politipersonell på Oslo lufthamn Gardermoen har vore fast væpna sidan 20. september 2018. I Oslo politidistrikt er enkelte politipatruljar i sentrale delar av Oslo sentrum mellombels væpna. Formålet med den mellombelse væpninga i Oslo politidistrikt er å avverje og avgrense skadefølgjer ved eit terroranslag, som t.d. angrep med intensjon om å maksimere skadeomfanget ved hjelp av skytevåpen, kniv eller køyretøy på folketette stader. Etter gjeldande regelverk kan departementet samtykke i å forlenge den mellombelse væpninga for åtte veker om gangen. Regjeringa viser til framlegg til ei endring i politilova som gir ein heimel til tidsuavgrensa væpna patruljering mellom sårbare objekt i eit avgrensa område (jf. Prop. 105 L (2018–2019)).

Elektrosjokkvåpen er frå 2019 under utprøving i fire politidistrikt (Troms, Sør-Vest, Aust og Oslo). Utprøvinga vil gi erfaringar som departementet vil bruke i vurderinga av om elektrosjokkvåpen eventuelt skal innførast permanent i norsk politi. Prøveordninga skal evaluerast etter to år.

Regjeringa har utforma ein dronestrategi for å leggje til rette for samfunnstenleg utvikling og bruk av dronar i Noreg. I samsvar med strategien har Justis- og beredskapsdepartementet sett i verk eit arbeid med å få på plass eit regelverk som gjer at politiet kan utnytte potensialet som ligg i den nye teknologien, innanfor regulerte rammer. I dette arbeidet blir det òg vurdert kva heimelsgrunnlag politiet har for å motverke ulovleg dronebruk.

Politireserven er ein nasjonal forsterkingsressurs som kan nyttast til å avlaste ordinært politimannskap. Reserven har ikkje blitt nytta sidan 1994, i samband med OL på Lillehammer. I løpet av dei siste åra har det vore ei betydeleg styrking av politibemanninga, i tillegg til at ein har utvikla robuste politidistrikt gjennom politireforma. På bakgrunn av at politireserven ikkje har blitt brukt på om lag 25 år og at styrkinga av kapasiteten i norsk politi er betrakteleg styrka dei siste åra, legg regjeringa opp til å avvikle politireserven f.o.m. 2020.

7.4.2 Samtrening og kompetansebygging mellom nød- og beredskapsetatane

Stortinget ber regjeringa utarbeide ein nasjonal plan for å etablere regionale øvings- og beredskapssenter for samtrening og kompetansebygging mellom nød- og beredskapsetatane, jf. oppmodingsvedtak 295, datert 17.12.2018. På bakgrunn av Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap sin rapport våren 2015, «Mulighetsstudien – vurdering av nasjonale og regionale øvings- og kompetansesentre for økt samvirke blant beredskapsaktørene», anbefalte Justis- og beredskapsdepartementet bl.a. å styrke kompetansesentra i justissektoren framfor å byggje nye for utvikling av samvirke, for å oppnå tilstrekkeleg samvirke gjennom kompetanseutvikling og øving.

Det skjer i dag viktig samtrening og kompetanseheving på fleire arenaer, i tillegg til aktiviteten på eksisterande kurs- og øvingssenter. Det er sett i gang mange tiltak og tatt mange initiativ dei seinare åra for å bidra til kompetanseheving, betre samarbeid og samvirke tverrsektorielt i beredskapsarbeidet i Noreg. På grunn av forskjellig behov, geografi, natur, busetting, aktivitetar, ulykkespotensiale, trusselbilde og andre risikomessige utfordringar er det pågåande arbeidet og eksisterande aktivitet knytt til etablering og drift av øvings- og kompetansesentra mangearta. Det vil vere lite føremålstenleg å lage nasjonale standardar eller ein nasjonal plan for øvings- og kompetansesentre i f.eks. kvart fylke, landsdel, politidistrikt eller sivilforvarsdistrikt.

Følgande eksisterande aktivitet og pågående arbeid er relevant: samlokalisering av nødsentralar, Sivilforsvarets beredskaps- og kompetansesenter på Starum, Norges brannskole i Tjeldsund, Justissektorens kurs- og øvingssenter i Stavern, Politiets nasjonale beredskapssenter, Nødnett, PLIVO-prosedyre – samvirke mellom politiet, brann- og redningsvesenet og helsevesenet ved pågåande livstruande vald, regionale planar for utvikling av «campus» på Politihøgskolen og politiets anlegg samt Politiets treningssenter Trøndelag – nyopna på Værnes garnison.

Politiet, som ein sentral aktør innan krisehandtering (jf. politiloven) og leiing på innsatsstad, vil alltid vere ein pådrivar og premissleverandør for slike senter. Desse bør etablerast og driftast ut ifrå regionale behov og forhold. Bl.a. bør det takast omsyn til allereie etablerte senter. Politiet vil alltid ha behov for å trene og øve på grunn av sertifiseringar og krav til innsatsmannskap. Noko av denne aktiviteten bør skje saman med andre nød- og beredskapsetater. Samarbeid med Forsvaret og allereie etablerte senter blir vurdert kontinuerleg.

7.4.3 Politiets nasjonale beredskapssenter

Beredskapssenteret skal samle beredskapstroppen, bombetenesta, krise- og gisselforhandlartenesta og politiets helikopterteneste på éin stad og dekke behova for nødvendige treningsfasilitetar. Å få samla meir trening éin stad gjer det mogleg å planleggje for at personell i trening er ein reell beredskapsressurs, og at personellet i teneste er operative på kort tid. Det gir betydeleg raskare og betre respons når det er påkravd, og gir betre høve for å handtere fleire samtidige hendingar. I kombinasjon med at politiet også får eigne helikopter med transportkapasitet, og at senteret blir brukt som eit kompetansesenter for IP3-personell, gir dette den nasjonale beredskapen eit stort løft.

Senteret er også eit viktig tiltak for å vareta objektsikring av dei nasjonale beredskapsressursane. Det er i tillegg lagt til rette for at senteret skal bidra til betre fagutvikling og samtrening, også utover dei nasjonale beredskapsressursane.

Anlegget skal vere fullt ut operativt i løpet av 2020.

7.5 Alle som oppheld seg i Noreg har avklart identitet og lovleg opphald

7.5.1 Rask retur av personar utan lovleg opphald

Det er ikkje lenger føresetnader for å oppretthalde eit like høgt måltal for tvangsreturnerte som tidlegare. I 2018 returnerte politiet om lag 5 100 personar utan lovleg opphald. Talet er lågare enn i tidlegare år, og talet i 2019 ligg an til å bli lågare enn i 2018. Ifølgje prognosen for 2020 vil politiet uttransportere 4 280 personar utan lovleg opphald.

Nedgangen kan ha samanheng med ein aktiv politikk og ein målretta innsats over fleire år, og utviklinga er positiv for samfunnet. Vidare har talet på personar som søker vern i Noreg, vore rekordlågt sidan 2016, noko som gir færre returar i kategoriane asyl og Dublin. Politiet har over tid også meldt at dei treff færre utlendingar utan lovleg opphald på dei ordinære utlendings- og territorialkontrollane.

Tvangsreturane til politiet kan delast inn i tre kategoriar, avhengig av søknads- eller opphaldsgrunnlaget i Noreg. Kategorien asyl består av personar som har fått avslag på søknad om vern i Noreg. Kategorien Dublin er personar som med bakgrunn i Dublin-samarbeidet skal transporterast ut til eit anna europeisk land dei tidlegare har søkt asyl i, ulovleg har passert grensa til eller har fått utferda visum i. Bort- og utviste er utlendingar som av ulike grunnar har blitt bort- eller utviste frå Noreg.

Figur 2.15 Utvikling i tvangsreturar i perioden 2013–2018

Figur 2.15 Utvikling i tvangsreturar i perioden 2013–2018

Kilde: Politiets utlendingseining (PU)

I 2018 gjennomførte politiet flest returar til Sverige (546), Italia (429), Polen (350), Russland (285) og Romania (284).

Politiet har satsa bevisst på retur som kriminalitetsførebyggjande tiltak og på bevisstgjering av utlendingsfeltet som ein integrert del av politiarbeidet i politidistrikta, noko som har gitt gode resultat i kategorien bort- og utviste.

Figur 2.16 Returnerte med straffereaksjon i perioden 2013–2018

Figur 2.16 Returnerte med straffereaksjon i perioden 2013–2018

Kilde: Politiets utlendingsenhet (PU)

I 2018 hadde 35 pst. av dei uttransporterte fått éin eller fleire straffereaksjonar i Noreg. Borgarar frå Polen (16 pst.), Romania (14 pst.) og Litauen (9 pst.) utgjorde flest av dei uttransporterte med straffereaksjon.

Med dagens føresetnader er det krevjande å få til retur av eit større tal personar med utreiseplikt i landet. Sjølv om alle land er folkerettsleg forplikta til å akseptere eigne borgarar i retur, kjem mange personar med utreiseplikt frå land det er vanskeleg å gjennomføre returar til. Dette kjem i hovudsak av at landa ikkje samarbeider om å ta imot eigne borgarar, ikkje bidrar i arbeidet med å verifisere identitet eller trenerer returarbeidet på andre måtar. Desse utfordringane har vore gjeldande dei siste åra.

Ei prioritering av returfeltet har over fleire år gitt gode resultat, men har også ført til ei dreiing mot fleire tyngre saker, som krev meir ressursar per sak, enn for nokre år tilbake. I tillegg er det få asyltilkomstar, som gir eit lågt sakstilfang for returar i kategorien asyl. Vidare er det mange som unndrar seg utreiseplikt og uttransport, og som finn nye måtar å leve og arbeide i skjul på. Tendensen dei siste åra har vist at fleire illegale arbeidstakarar «tek over» ekte og korrekt registrerte EØS-identitetar, ofte etter at desse i realiteten har forlate Noreg. Dette stiller større krav til korleis politiet arbeider med sakene. Identitetsavklaringsarbeidet er utfordrande og tar lang tid i mange saker. Langvarig ulovleg opphald kan bidra til at sakene blir meir krevjande. Samla sett fører dette til at returarbeidet blir meir ressurs- og kostnadskrevjande, sidan kvar enkelt sak er meir ressursintensiv. Sjå omtalen under programkategori 06.90.

Arbeidet med å returnere personar utan lovleg opphald og med å avdekke saker der personar har fått innvilga opphald på uriktig grunnlag, er viktig. Det er viktig at politiet prioriterer returar som gir best mogleg samla effekt og måloppnåing. Politiet skal vektleggje kriminalitetsnedkjemping, samfunnstryggleiksperspektivet og strategiske forhold, som t.d. returar som gir signaleffekt og kan ha innverknad på tilkomsten framover. Politidirektoratet, PST og Utlendingsdirektoratet er gitt i oppdrag å samarbeide for å sikre ein rask og effektiv prosess for utlendingar som utgjer ein trussel for samfunnstryggleiken, vist til som «prioritert saksgang».

7.5.2 Betre og tidlegare ID-arbeid

Dei siste åra har det blitt lagt meir vekt på å tidlegare avklare rett identitet til søkarane og om dokumenta som er lagde fram, er ekte. Betre ID-arbeid har ført til at utlendingsstyresmaktene har avdekt at fleire personar har opphaldsløyve med feil identitet. I tillegg har utlendingsstyresmaktene i aukande grad arbeidd for å avdekke om personar har opphald på feil grunnlag, ved søknad om fornya eller permanent opphaldsløyve.

Arbeidet med tilbakekall er ressursintensivt, og det er viktig å sikre at løyvingar i utgangspunktet blir gitt basert på rett identitet. Politiet har etablert rutinar og systematikk som gir ein god oversikt over arbeidet med avklaring av ID i asylsaker. Politiet har særleg satsa på å starte ID-arbeidet tidleg i tilkomstfasen og har implementert ei meir etterforskingsbasert tilnærming i denne fasen.

Mange som søker om vern i Noreg, legg ikkje fram identitetsdokument som kan stadfeste identiteten dei har oppgitt, eller skjuler identiteten sin bevisst. Dette gjer returarbeidet vanskelegare. Talet på asylsøkarar som legg fram identitetsdokument, varierer frå år til år. Mens delen var 32 pst. i 2018, har han auka til 36 pst. i først halvår 2019. Dette heng saman med ei endring i populasjonsgrunnlaget; asylsøkarar frå Syria og Tyrkia har insentiver til å leggje fram dokumenta fordi desse gruppene har høg innvilgingsprosent. På andre sida er det fleire som har fått løyve basert på feil identitet, og etterforsking av desse sakene er krevjande. Politiet og UDI arbeider med å innføre ny saksflyt for å betre kvaliteten på den innleiiande asylsaksbehandlinga. Formålet er bl.a. å leggje større innsats på ID-avklaring i ein tidlegare fase i prosessen, med mål om eit betre grunnlag for identitetsarbeidet for vedtak og returarbeid.

7.5.3 Inn- og utreisesystem i Schengen

Det elektroniske inn- og utreisesystemet i Schengen (Entry/Exity System (EES)) skal lagre personinformasjon og biometriske kjenneteikn frå alle tredjestatsborgarar som reiser inn på Schengen-territoriet for korttidsopphald. Tidspunkt for inn- og utreise blir lagra for å kunne avdekke personar som ikkje forlèt Schengen-området innan utløpet av opphaldstida. EU-Kommisjonen har fastsett at inn- og utreisesystemet skal vere ferdig utvikla 36 månader etter at rettsakta vart vedteken, altså ved årsskiftet 2020/2021. Systemet vil bidra til ein meir effektiv og sikker yttergrensekontroll. Vidare har ein i dag ulik grad av førehandskjennskap til tredjestatsborgarar som kjem til yttergrensa. I september 2018 vedtok derfor EU eit framlegg om eit «European Travel Information and Authorisation System» (ETIAS), som inneber at visumfrie tredjestatsborgarar må søke om løyve for å kunne reise fram til Schengens yttergrense. Formålet er å førehandskontrollere om personar som ønskjer å reise til Schengen-området, utgjer ein migrasjons- eller tryggleiksrisiko. Det er venta at systemet vil ta til å gjelde kort tid etter at Entry/Exit-systemet er i drift. Dei nye systema for grensekontroll (EES og ETIAS) krev investering i IKT-løysingar, utstyr og bemanning. Regjeringa foreslår å løyve 23 mill. kroner til implementeringa i 2020, med 10 mill. kroner under kap. 440 og 13 mill. kroner under kap. 490. Implementeringa er forventa å delvis kunne finaniserast med midlar frå EU. Forslaget inneber eit anslag over samla kostnader på om lag 526 mill. kroner i perioden 2020–2023, der 127 mill. kroner er forventa finansiert av EU. Varige driftskostnader (heilårsverknad) er anslått til om lag 87 mill. kroner. Det er usikkerhet knytt til konsekvensene auka kontrollkrav vil få for kø- og ventetider ved grenseovergangene.

Effektiv grenseforvaltning med god overvaking av yttergrensene og kontroll av dei som skal passere yttergrensene på veg inn eller ut er, saman med retur av dei som ikkje har lovleg tilgang til eller opphald i Noreg, ein føresetnad for tryggleik og sikkerheit i Noreg og på Schengen-territoriet. Noreg deltek i EUs arbeid med å vidareutvikle konsepta for effektiv grenseforvaltning generelt og grensekontroll spesielt. Ei ny rettsakt for Den europeiske grense- og kystvakta (European Border and Coast Guard) som er venta å tre i kraft i Schengen-samarbeidet hausten 2019, gir sterkare føringar for at det skal utviklast og gjennomførast system og operative tiltak etter felles standardar. Det skal også byggjast opp ein permanent styrke av grensevakter sett saman av tilsette i grensebyrået Frontex og utsende frå medlemsstatane.

7.6 Tilgjengelege tenester med god service

For å oppnå målet om tilgjengelege tenester med god service er det viktig at oppgåveløysinga til politiet innan forvaltningstenester og sivil rettspleie er effektiv og med god kvalitet. Politiet er tillagt betydelege forvaltningsoppgåver og har også ansvaret for sivil rettspleie på nivået under tingrettane. Tenestene skal vere tilgjengelege, både fysisk og digitalt, og ha god service. God service inneber rask og korrekt saksbehandling i tråd med regelverk og forventningar frå brukarar og samfunnet.

7.6.1 Forvaltningsoppgåver

Viktige forvaltningsoppgåver i politiet er bl.a. behandling av søknader om pass og politiattestar, våpenforvaltning, kontroll med vaktverksemd, behandling av saker om førerett- og køyresetel og utlendingsforvaltning.

Behandling av forvaltningssaker gir også politiet høve til å førebyggje kriminalitet og styrke tryggleiken. Førebygging gjennom forvaltning legg til rette for samhandling på områda våpen, førarkort, løyve til vaktverksemd, brukthandel m.m.

ID-verifikasjon og utferding av pass og nasjonale ID-kort med eID

Heilskapleg ID-forvaltning er viktig i eit samfunnstryggleiksperspektiv. Etablering av falske identitetar og misbruk av identitetane til andre personar er ei alvorleg form for kriminalitet, som vidare blir nytta til andre kriminalitetsformer som arbeidslivskriminalitet, menneskehandel, økonomisk kriminalitet og vinningskriminalitet. Noreg er internasjonalt forplikta til å bidra i nedkjempinga av terror ved å sikre at norske system, rutinar og lokale for utferding av pass tilfredsstiller krav frå Den internasjonale organisasjonen for sivil luftfart (ICAO).

Sikker verifikasjon av ID ved utferding av pass og andre ID-dokument bidrar til å førebyggje kriminalitet. Samarbeidet med andre land gjer grensepasseringa sikrare og meir effektiv, førebyggjer ulovleg innvandring og bidrar i nedkjempinga av terror.

For å ha effektiv og sikker ID-kontroll ved grensepassering og på territoriet treng ein utveksling av nasjonale sertifikat med andre land for utføring av elektronisk kontroll av reise- og ID-dokument.

For å gjere det mogleg for næringsliv og offentlege myndigheiter å kontrollere ID-dokument skal det lanserast ei taps- og verifikasjonsteneste samstundes med lanseringa av nye pass og nasjonalt ID-kort. Dette vil vere eit viktig tiltak i nedkjempinga av arbeidslivskriminalitet og annan økonomisk kriminalitet.

Lansering av nye pass og nasjonale ID-kort

Utferding av pass må vere basert på tilstrekkeleg sikre rutinar, system og lokale. Riksrevisjonen har påpeika svakheiter på dette området i Dokument 1 (2015–2016). Norske borgarar har berre pass som gyldig ID-dokument utferda av offentlege myndigheiter. Utanlandske borgarar som har lovleg opphald og tilknyting til riket, kan i dag ikkje legitimere seg med eit gyldig ID-dokument med tildelt fødsels- eller d-nummer utferda av offentlege myndigheiter. Manglande ID-dokument svekker moglegheitene næringslivet og offentlege myndigheiter har til å utføre tilstrekkeleg god ID-kontroll.

Det er dei siste åra gjennomført viktige tiltak for å rette opp svakheiter som Riksrevisjonen peika på. Enkelte tiltak er allereie sette i kraft, t.d. nye rutinar, opplæring, sikring av pass- og ID-kontor og utvikling av styringssystem for informasjonstryggleik. Hausten 2019 vil fleire tiltak kome på plass, t.d. ved at det etablerast todelt saksbehandling. Eit viktig tiltak er også betre tekniske løysingar for saksbehandling av pass og nasjonale ID-kort. Avvika som Riksrevisjonen peikte på kan ikkje lukkast fullt ut før utvikling av nye tekniske løysingar for saksbehandling er fullført. Som det går fram av Prop. 85 S (2017–2018), er det utfordringar med framdrifta i dette prosjektet. Politidirektoratet jobbar for å kunne lansere nye pass og nasjonale ID-kort i 2020. For å tryggje leveransen har POD blitt einig med leverandøren at den fyrste leveransen blir avgrensa til den funksjonaliteten som blir kravd for å lansere nye dokument. I Prop. 85 S (2017–2018) gjekk det fram at framdriftsplanen la til grunn at nye pass skulle lanserast fyrst, og nasjonale ID-kort med eID om lag seks månader seinare. Dette er no endra. Den nye lanseringsstrategien inneber at nasjonale ID-kort blir lansert fyrst. Dette fordi nasjonale ID-kort kan lanseras stegvis til ulike lokasjonar, og fordi ein eventuell uventa produksjonsstans vil ha mindre konsekvensar enn ein tilsvarande produksjonsstans for pass.

For å rekke lansering av både pass og nasjonale ID-kort i 2020 gitt den nye lanseringsstrategien må dei første nasjonale ID-korta lanserast utan nasjonal eID. Det er planlagt at korta skal være teknisk tilrettelagde for å kunne nyttast som eID seinare, når systemstøtte for denne funksjonaliteten er på plass. Sjølv med tiltaka som er sett i verk kan utsetting ut over 2020 ikkje utelukkast.

Som det går fram av Prop. 85 S (2017–2018) vurderte Holte Consulting (HC) i 2018 at det var 85 pst. sannsynleg at prosjektet kunne gjennomførast innanfor ei ramme på 596 mill. kroner. POD har sidan gjennomførd fleire nødvendige tiltak for å sikre lansering av nye dokument i 2020. Dette har hatt ein kostnad. POD si førebelse berekning er at prosjektet ligg an til å koste meir enn 596 mill. kroner. POD vurderer at det er 85 pst. sannsynleg at prosjektet vil kunne gjennomførast innanfor ei ramme på 750 mill. kroner. Det blir lagt opp til at meirutgifter i 2020 blir handtert som ein del av politiets sin utviklingsportefølje innanfor det ordinære driftsbudsjettet.

Gebyr for pass mv.

Passgebyret har vore uendra sida 2008. Som følgje av dei kvalitetshevande tiltaka vil kostnadene knytte til produksjon og distribusjon av norske pass auke. Dette er mellom anna knyta til etablering av vedtakslinje i saksbehandlinga, ombygging av kontor, leige av nytt utstyr og avskrivingar av investeringskostnader. Det blir foreslått å auke gebyret for pass til kostnadsdekkande nivå, som utgjør 570 kroner for pass til voksen og 342 kroner for pass til barn. Det blir vist til eige lovforslag om endringar i passlova.

Gjeldande lov gir ikkje regler om differensiering av gebyret etter passtype. Mellombelse pass har derfor same gebyr som ordinære pass. Vidare har pass som blir utferda ved utanriksstasjonar same gebyr som pass som blir utferda i Noreg. Desse dokumenta har reelt sett høgare kostnadsnivå enn ordinære pass. Når nye pass blir lanserte blir det foreslått å differensiere mellom gebyra på dei ulike dokumenta.

Gebyret for mellombelse pass, medrekna pass for enkeltreise og naudpass, vil bli foreslått auka til 670 kroner når nye pass blir lanserte. Det vil òg kunne gis tilbod om ei teneste for ekspresslevering. Det inneber at søkaren vil kunne motta eit ordinært pass med leveringstid same eller følgjande dag. Dette vil ha ein ekstra kostnad som blir betalt av søkar.

Når nye pass blir lanserte vil gebyret for pass utferda ved utanriksstasjonane bli foreslått auka til 1290 kroner for ordinære pass og 1390 kroner for naudpass.

Nasjonale ID-kort med eID har om lag same kostnadsnivå som pass. Det vil derfor bli foreslått at desse blir belasta same gebyr. Samtidig søknad om pass og nasjonalt ID-kort (samsøking) vil redusere produksjonskostnaden per dokument. Det vil derfor bli foreslått å innføre ein rabatt på 228 kroner ved samtidig søknad om pass og nasjonalt ID-kort.

Det blir vist til omtale under kap. 440, post 01.

Struktur for utferding av pass og nasjonale ID-kort

Justis- og beredskapsdepartementet viser til Stortingets vedtak nr. 1002 (2017–2018). I Prop. 28 S (2018–2019) har Justis- og beredskapsdepartementet bestemt ein struktur for utferdig av pass og nasjonale ID-kort på bakgrunn av ei faglig tilråding frå Politidirektoratet. Avgjerda tok utgangspunkt i målet om at 90 pst. av innbyggjarane i kvart distrikt skal ha maksimalt 45 minuttar køyretid til nærmaste passkontor. I sju politidistrikt gjer likevel internasjonale krav og forventningar til kvalitet og sikkerheit i utferdinga at målet ikkje vert nådd. I Innst. 291 S (2018–2019) heiter det at vedtaket ikkje er utkvittert. Justis- og beredskapsdepartementet legg til grunn at intensjonen bak vedtaket er å sikre god brukartilgjengelegheit i områder med lang reiseveg til nærmaste pass- og ID-kontor. Politidirektoratet har difor fått i oppdrag å etablere ei mobil løysing for å betra tilgjengelegheita i områder med lang reiseveg. Det er eit mål at løysninga skal lanserast i 2020. Politidirektoratet skal komme tilbake med ei konkretisering, kostnadsberekning og vurdering av ulike alternativ for ei slik løysing. For at publikum får dekka sine behov skal alle politidistrikt tilby utvida opningstider. For å spare brukarane for unødvendig ventetid skal alle pass- og ID-kontor også ha tilbod om timebestilling. Vidare skal eit nytt system for SMS-varsling sørge for at brukarane blir varsla før passet går ut. Som forklart i Del I, foreslår regjeringa at oppmodingsvedtak nr. 1002 (2017–2018) blir oppheva, jf. forslag til vedtak.

Våpenforvaltning

Riksrevisjonen har i Dokument 1 (2018–2019) peika på vesentlege svakheiter i politiets behandling av våpensaker. Revisjonen viser bl.a. til at det nasjonale våpenregisteret ikkje har kvaliteten som må til for å sikre oppdatert og korrekt informasjon, og at politiet manglar oversikt over ei stor mengd våpen. Dei viser vidare til at politiets system for bekymringsmeldingar ikkje fungerer godt nok, og at politiet gjennomfører for få kontrollar av oppbevaring hos våpeninnehavarar. Riksrevisjonen tilrår at Justis- og beredskapsdepartementet sørger for at Politidirektoratets styring og kontroll av våpensaker sikrar tilstrekkeleg oversikt over våpen, og sørger for at det blir etablert tilfredsstillande rutinar for å følgje opp at våpeninnehavarar er skikka til å eige våpen.

Departementet følgjer opp merknadene frå Riksrevisjonen gjennom styringsdialogen. Politidirektoratet har etablert ein tiltaksplan for å følgje opp og lukke dei avvika Riksrevisjonen har påpeika. Direktoratet rapporterer til departementet om status og framdrift i dette arbeidet, og etter planen skal dei fleste avvika lukkast i løpet av 2019.

Når det gjeld forbetring av våpenforvaltninga utover dette, har Politidirektoratet laga ei konseptutgreiing for å etablere ei mest mogleg effektiv og kvalitativt god våpenforvaltning i politet. Digitalisering og organisering av våpenforvaltninga er to av fleire tiltak som blir vurderte for ei framtidig våpenforvaltning.

Ny våpenlov vart vedteken våren 2018. Departementet skal etter planen sende forslag til ny våpenforskrift på høyring i 2020 med sikte på at ny våpenlov kan tre i kraft i 2021.

7.6.2 Den sivile rettspleia på grunnplanet

Dei fleste oppgåvene som er knytte til den sivile rettspleia under nivået for tingrettane, er lagde til politiet. Oppgåvene gjeld i hovudsak gjeldsordningssaker, forliksklager, utleggsforretningar, andre tvangsforretningar og andre sivile gjeremål. Talet på saker innan den sivile rettspleia auka med 6,3 pst. frå 2017 til 2018. Talet på utleggsforretningar representerer den vesentlegaste auken (8 pst. samanlikna med 2017). Auken i talet på saker og at politidistrikta framleis er i ein prosess med å endre organiseringa og arbeidsprosessane for den sivile rettspleia, har ført til at ein betydeleg del av sakene er i restanse. Politiet arbeider med å utvikle digitale løysingar som vil bidra til effektivisering og betre tilgjengelegheit for publikum.

Post 01 Driftsutgifter

Posten dekker alle ordinære driftsutgifter i POD, politidistrikta, dei lokale PST-einingane i politidistrikta og politiets særorgan, med unntak av PHS, jf. kap. 442, og PST, jf. kap. 444. Våpen, køyretøy, verneutstyr, uniformer, IKT m.m. er driftsrelaterte innsatsfaktorar som er budsjetterte under posten.

Justis- og beredskapsdepartementet held tilbake ein mindre del av løyvinga sentralt for å dekke utgifter til oppfølging av handlingsplanar m.m.

Det blir foreslått å auke løyvinga med:

  • 150 mill. kroner som følgje av heilårsverknaden for nye politistillingar tilsett i 2019.

  • 100,4 mill. kroner for å leggje til rette for tilsetjing av fleire politistillingar i 2020. Heilårsverknad utgjer 200,8 mill. kroner.

  • 83 mill. kroner til å styrking av politiet, under her styrke arbeidet med straffesaksbehandling.

  • 50 mill. kroner for å styrke politiets helikopterberedskap i Nord-Noreg. I tillegg blir det foreslått å rammeoverføre 11 mill. kroner frå Forsvarsdepartementet sitt budsjett, sjå omtale under.

  • 53 mill. kroner som følgje av at det i 2020 ikkje blir stilt krav om realisering av gevinstar frå politireforma.

  • 2 mill. kroner knytte til etablering av ei ny eining for nedkjemping av dyrevelferdskriminalitet.

  • 7,7 mill. kroner til drift av politiets nasjonale beredskapssenter.

  • 10,9 mill. kroner knytte til drift av objektsikringstiltak i politiet.

  • 22 mill. kroner knytte til arbeidet med å nedarbeide restansar i saker om tilbakekall av norsk statsborgarskap, jf. omtale under programkategori 06.90.

  • 1,1 mill. kroner knytte til arbeidet med gjenerverv av statsborgarskap, som følgje av avvikling av prinsippet om eit statsborgarskap, jf. omtale under programkategori 06.90.

  • 0,2 mill. kroner til forventa auke i tildeling av driftsmidler frå EUs indre tryggleiksfond (ISF) prosjekt retta mot målsettingane til fondet innanfor grense- og visumsamarbeidet. Tildeling av investeringsmidlar frå ISF blir foreslått løyva under kap. 440, post 48.

  • 2,4 mill. kroner mot tilsvarande auke i inntekter under kap. 3440, post 04.

  • 126,4 mill. kroner mot tilsvarande auke i inntekter under kap. 3440, post 01, som følgje av auke i utgifter knytte til pass og nasjonale ID-kort.

  • 30 mill. kroner til prosjektet Elektronisk samhandling mellom aktørane i straffesakskjeda (ESAS 2020), til særleg å koble fleire sentrale verksemder i straffesakskjeden på Justishub og å utvikle nye løysinger som gjer det mogleg å utveksle strukturert informasjon mellom fagsystemer for utvalget arbeidsprosesser.

Det blir foreslått å flytte:

  • 11 mill. kroner frå Forsvarsdepartementets budsjett (kap. 1733, post 01) til kap. 440, post 01 i samband med etablering av helikopterberedskap for politiet i Nord-Noreg og at Forsvarets helikopterberedskap med Bell 412 på Bardufoss blir avslutta.

  • 10,4 mill. kroner frå Skatteetatens budsjett (kap. 1618, post 01) til kap. 440, post 01, som følgje av terminering av driftsavtale med Skatteetaten knytt til økonomitenester, som DFØ no leverer til politiet.

  • 0,1 mill. kroner frå kap. 440, post 01 til Kunnskapsdepartementets budsjett (kap. 335, post 01) knytte til finanisering av av Medietilsynets «Barn og medier-undersøkelse».

  • 10 mill. kroner frå kap. 440, post 01 til kap. 445 for å styrke fagleiinga hos Den høgare påtalemakta i tråd med anbefalingar i En påtalemyndighet for fremtiden – påtaleanalysen (NOU 2017: 5).

  • 1,1 mill. kroner frå kap. 440, post 01 til kap. 474, post 01, som følgje av flytting av oppgåver til Sekretariatet for Konfliktrådene.

  • 1,25 mill. kroner frå kap. 440 post 01, til kap. 445 som følgje av at det er flytta oppgåver frå politiet til Den høgare påtalemakta.

  • 1,9 mill. kroner til politiet frå dei andre verksemdene i justissektoren til kap. 440, post 01, som følgje av heilårsverknad av etablering av JustisCert (justissektoren sitt responsmiljø for å førebyggje og koordinere handteringa av alvorlege IKT-hendingar).

  • 0,5 mill. kroner frå kap. 440, post 01, til kap. 440, post 71, for å bidra til finansiering av auka husleige i samband med ombygging av Justismuseet.

  • 3,25 mill. kroner frå kap. 440, post 01, til kap. 442, post 01, i samband med finansiering av avtale med Kongsvinger kommune om leige av skyteanlegg på Sæter gard. Politihøgskolen er brukar av anlegget.

  • 98,5 mill. kroner frå kap. 440, post 01, til kap. 440, post 73, i samband med at Noregs bidrag til Frontex blir foreslått skilt ut frå politiets driftsbudsjett.

Det blir foreslått å redusere løyvinga med:

  • 3,5 mill. kroner i samband med avvikling av Politireserven frå 2020.

  • 2 mill. kroner som følgje av reduserte midlar til barnefagleg kompetanse i asylkjeda.

  • 1,7 mill. kroner som følgje av krav om å redusere kostnader knytte til leige av kontorlokale .

  • 239,6 mill. kroner som følgje av kjøp av nye politihelikopter som er gjennomført i 2019.

  • 7,1 mill. kroner som følgje av eingongsinvesteringar ved Ankomstsenter Østfold gjennomførte i 2019.

  • 10,7 mill. kroner knytte til lønn- og rekneskapssenter i Kristiansund.

  • 19,4 mill. kroner som følgje av at finansiering frå Avinor knytte til ordninga med forenkla transfer ved Oslo lufthamn Gardermoen ikkje blir vidareført.

  • 6,8 mill. kroner som følgje av gjennomførte IKT-investeringar.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 18 622,6 mill. kroner.

Regjeringa foreslår at Justis- og beredskapsdepartementet får ei bestillingsfullmakt under kap. 440, post 01 på 150 mill. kroner i 2020, jf. forslag til vedtak.

Regjeringa foreslår at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 440, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3440, postane 02, 03 og 04, jf. forslag til vedtak.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Løyvinga på posten dekker sideutgifter for politi- og lensmannsetaten i samband med asylsaker, som utgifter til uttransportering i asylsaker og andre utlendingssaker.

Det blir foreslått å auke løyvinga med:

  • 1,1 mill. kroner til prosjekt for vidareutvikling av Ankomstsenter Østfold.

Det blir foreslått å redusere løyvinga med:

  • 6,9 mill. kroner knytte til talet på uttransporteringar.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 137,5 mill. kroner.

Post 22 Søk etter omkomne på havet, i innsjøer og i vassdrag, kan overføres

Løyvinga på posten skal dekke utgifter til søk etter omkomne på havet, i innsjøar og i vassdrag. Posten dekker òg nokre personellutgifter og eventuelle utgifter til å betre søkemetodane.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 9,4 mill. kroner.

Post 23 Sideutgifter i forbindelse med sivile gjøremål

Løyvinga på posten skal dekke sideutgifter i samband med sivile gjeremål. Dette gjeld i hovudsak sideutgifter i samband med tvangsforretningar og utgifter i samband med gjeldsordningssaker.

Det blir foreslått å redusere løyvinga med:

  • 2,1 mill. kroner som følgje av venta saksutvikling.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 26,8 mill. kroner.

Post 25 Retur av asylsøkere med avslag og andre utlendinger uten lovlig opphold, overslagsbevilgning

Formålet med posten er å leggje til rette for at politiet hurtig kan auke talet på uttransporteringar dersom det oppstår behov for det. På posten fører ein dei variable utgiftene til retur av asylsøkarar med avslag, bort- og utviste og dublinarar. Dublinsakene er underlagde særlege fristar. Om fristane ikkje blir etterlevde, må saka realitetsbehandlast i Noreg.

Det blir foreslått å redusere løyvinga med:

  • 34,9 mill. kroner knytt til talet på uttransporteringar.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 95,5 mill. kroner.

Post 45 Større utstyrsanskaffelser og vedlikehold, kan overføres

Posten omfattar utgifter til større utstyrsansanskaffingar og vedlikehald.

Det blir foreslått å auke løyvinga med:

  • 9,6 mill. kroner til grense- og territorialkontroll, under her nasjonal implementering av systema Entry/Exit System (EES) og European Travel Information and Authorisation System (ETIAS).

Det blir foreslått å redusere løyvinga med:

  • 111 mill. kroner som følgje av gjennomførte investeringar knytte til objektsikring.

  • 0,5 mill. kroner knytte til gjennomførte investeringar i datasenter i justissektoren.

  • 160 mill. kroner knytte til investering i nytt beredskapssenter.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 950 mill. kroner.

Post 48 Tildeling frå EUs indre sikkerhetsfond, kan overføres

Noreg deltek i EUs indre tryggleiksfond (ISF) som eit assosiert Schengen-land. På bakgrunn av dette mottek Noreg støtte frå EU for å gjennomføre prosjekt retta mot målsetjingane til ordninga innanfor grense- og visumsamarbeidet. EUs tildelingar baserer seg på dokumentert forbruk frå støttemottakarar. Midlane blir derfor forskutterte over statsbudsjettet. Dei samla refusjonane under kap. 3440, post 08, skal gå opp imot dei samla tildelingane over heile fondsperioden. Tildelinga har tidlegare vore budsjettert under kap. 440, post 01.

I 2020 er det planlagt for at tildelinga bl.a. skal dekke delar av utgiftene knytte til implementering av nye system for grensekontroll (EES og ETIAS).

Det blir foreslått ei løyving på posten på 92,1 mill. kroner.

Post 70 Tilskudd

Posten inneheld ulike tilskot innanfor generell førebygging av kriminalitet, tiltak som kan hjelpe menneske ut av prostitusjon, tiltak for å støtte offer for menneskehandel samt midlar til øyremerkte tilskot.

Førebygging av kriminalitet

Formålet med tilskotsordninga er å stimulere til og utvikle tiltak for å førebyggje kriminalitet. Om lag 7,4 mill. kroner er lyste ut og tildelte i 2019. Tiltak særleg retta mot barn og ungdom er prioriterte, og vil òg bli prioriterte i 2020. Frå 2019 er forvaltninga av tilskotsordninga overført frå Politidirektoratet til Sekretariatet for konfliktråda (SfK). Det blir derfor foreslått å redusere løyvinga med 7,4 mill. kroner mot ein tilsvarande auke i løyvinga på kap. 474, post 70.

Tiltak for å hjelpe menneske ut av prostitusjon og for å støtte offer for menneskehandel

Formålet med tilskotsordninga er å hjelpe menneske ut av prostitusjon og å støtte offer som er utsette for menneskehandel. Om lag 37 mill. kroner er lyste ut og tildelte i 2019, og vil også bli lyst ut i 2020. Frå 2020 skal Politidirektoratet forvalte ordninga.

Tabell 2.13 Øyremerkte tilskot

(Beløp i 1 000 kroner)

Tilskotsmottakar

2018

2019

Forslag 2020

POD (Politiidrett, Politihistorisk selskap og Politiets pensjonistforbund)

4 500

4 500

4 600

Krisesentersekretariatet (Rosa-prosjektet)

2 900

3 100

3 300

NKVTS drift

3 100

3 200

3 400

NKVTS forsking

5 400

5 000

5 000

Samarbeidsprosjekt Bredtveit og Oslo Krisesenter

720

720

800

Årleg konferanse om politi og barnevernsvakter

260

200

300

Overgrep mot barn (internett)

4 000

4 000

4 500

Ecpat

2 000

2 000

2 000

Steg for steg

4 000

4 000

2 000

Hjelpetelefon til offer for menneskehandel

0

1 500

1 600

Det blir foreslått ei løyving på posten på 66,4 mill. kroner.

Post 71 Tilskudd til Justismuseet

Løyvinga på posten dekker driftstilskot til Justismuseet – nasjonalt museum for politi, rettsvesen og kriminalomsorg. Justismuseet er ei stifting som er lokalisert i Trondheim.

Det blir foreslått å flytte 800 000 kroner frå kap. 440, 430 og 420 til kap. 440, post 71, som følgje av forventa auke i husleige i samband med ombygging av museet.

Det blir foreslått ei løyving på 6,2 mill. kroner.

Post 73 Internasjonale forpliktelser, kontingenter mv.

Løyvinga under posten dekker utgifter knytte til internasjonale forpliktingar, medrekna bl.a. utbetalingar til EUs grense- og visumordning, Det europeiske byrå for operativ forvaltning av store IT-systemer på området for frihet, sikkerhet og rettferdighet (eu-LISA) og Frontex. Noreg er gjennom vårt Schengen-medlemskap forplikta til å vere med på å finansiere aktivitet i dei relevante EU-byråa.

Det blir foreslått å auke løyvinga med:

  • 35,6 mill. kroner for å dekke kontingentar for eu-LISA (etterbetaling for perioden 2013–2017 og kontingent for 2018).

  • 20,5 mill. kroner knytte til forventa auke i kontingent til Frontex i 2020.

Det blir foreslått å flytte:

  • 98,5 mill. kroner til kap. 440, post 73, frå kap. 440, post 01, i samband med at Noregs bidrag til Frontex blir foreslått skilt ut frå politiets driftsbudsjett. Samla inneber forslaga ei løyving til Frontex-kontingent på 119 mill. kroner i 2020.

Det blir foreslått å redusere løyvinga med:

  • 102 mill. kroner knytte til forventning om at det vil bli redusert utbetaling til EUs grense- og visumordning i 2020. Deler av reduksjonen er ei følgje av at EU har overført det som var satt av i grense- og visumordninga til å utvikle Inn- og utreisesystemet EES og Fremreisesystemet ETIAS frå budjsettlinja for Grense- og visumordninga til budsjettlinja for eu-LISA. Noreg vil såleis gjennom kontingenten til eu-LISA, på eit seinare tidspunkt bli avkrevd ein andel av dei overførte midlane til eu-LISA.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 236,6 mill. kroner.

Kap. 3440 Politidirektoratet – politi- og lensmannsetaten

(i 1 000 kr)

Post

Betegnelse

Regnskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Gebyr – pass og våpen

300 162

320 956

450 693

02

Refusjoner mv.

225 560

280 624

269 583

03

Salgsinntekter

54 860

76 614

77 756

04

Gebyr – vaktselskap

1 783

1 986

4 376

06

Gebyr – utlendingssaker

233 989

282 259

296 273

07

Gebyr – sivile gjøremål

948 967

1 105 679

1 121 054

08

Refusjoner fra EUs grense- og visumfond

46 244

21 258

30 998

Sum kap. 3440

1 811 565

2 089 376

2 250 733

Omtale av verksemda

Kapittelet består i hovudsak av inntekter frå gebyr for tvangssaker, forliksrådssaker, passutferding og våpenløyvingar.

Post 01 Gebyr – pass og våpen

Løyvinga på posten dekker inntekter frå behandlingsgebyr for pass og våpenløyvingar.

Det blir foreslått å auke løyvinga med:

  • 6,3 mill. kroner i samband med ein auke i gebyr for våpensøknader for i større grad å reflektere sjølvkost, og som er forventa å gi høgare inntekter.

  • 125 mill. kroner i samband med at gebyr for pass blir auka og nasjonale ID-kort blir lansert.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 450,7 mill. kroner.

Post 02 Refusjoner mv.

Politi- og lensmannsetaten får refundert utgifter for politioppdrag som er utførte for organisasjonar, lag, entreprenørar og offentlege etatar i samsvar med særskild heimel. Refusjonane gjeld i all hovudsak utgifter til overtid og reiser i samband med følgjeoppdrag av tunge og breie transportar, asfaltering, riving, ekstraordinært politioppsyn under konsertar og festivalar m.m. Omfanget av slike oppdrag varierer frå år til år, og inntektsestimatet er derfor høgst usikkert.

Posten omfattar òg diverse andre refusjonar, t.d. husleigeinntekter ved framleige av lokale og PHS’ refusjonar i samband med kjøp av instruktørbistand frå politidistrikta. Ein del av inntektene er òg knytte til refusjon av utgifter internt i etaten.

Det blir foreslått å redusere løyvinga med:

  • 19,4 mill. kroner som følgje av finansiering frå Avinor knytt til ordninga med forenkla transfer ved Oslo lufthamn Gardermoen ikkje blir videreført.

Regjeringa foreslår at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 440, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3440, post 02, jf. forslag til vedtak.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 269,6 mill. kroner.

Post 03 Salgsinntekter

Inntekter frå innbyte og sal av utskifta køyretøy m.m. blir rekneskapsførte på posten. I tillegg blir inntekter frå sal av spesialutstyr til politidistrikta, kriminalomsorga, tolletaten m.m. førte på posten.

Regjeringa foreslår at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 440, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3440, post 03, jf. forslag til vedtak.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 77,8 mill. kroner.

Post 04 Gebyr – vaktselskap

Løyvinga på posten omfattar eingongsgebyr til å dekke utgifter ved behandling av søknader og gebyr ved feilalarmar der politi- og lensmannsetaten rykker ut.

Regjeringa foreslår at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 440, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3440, post 04, jf. forslag til vedtak.

Det blir foreslått å auke løyvinga med:

  • 2,4 mill. kroner som følgje av ein forventa auke i gebyrinntekter ved bruk av nytt system for handtering av saker.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 4,4 mill. kroner.

Post 06 Gebyr – utlendingssaker

Løyvinga på posten dekker gebyr i samband med søknad om statsborgarskap, familieinnvandring og arbeids-, busetjings- og utdanningsløyvingar. Løyvingsforslaget tek utgangspunkt i talet på utlendingssaker til politiet.

Det blir foreslått å auke løyvinga med:

  • 33,9 mill. kroner som følgje av ein auke i gebyr for utlendingssaker.

  • 5,8 mill. kroner som følgje av nytt gebyr knytt til gjenerverv av statsborgarskap

Det blir foreslått å redusere løyvinga med

  • 24,3 mill. kroner på bakgrunn av rekneskapstal for dei siste åra og forventa utvikling

Det blir foreslått ei løyving på posten på 296,3 mill. kroner.

Post 07 Gebyr – sivile gjøremål

Løyvinga på posten skal dekke gebyrinntekter i samband med den sivile rettspleia på grunnplanet, det vil seie gebyr for tvangsforretningar og forliksrådsbehandling.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 1 121,1 mill. kroner.

Post 08 Refusjoner fra EUs grense- og visumordning

Posten dekker refusjonar frå EUs grense- og visumordning. Refusjonsutbetalingane vil variere frå år til år, og baserer seg på dokumentert forbruk frå støttemottakarar. Midlane blir derfor forskuttert over statsbudsjettet, jf. omtale under kap. 440, post 48.

Det blir foreslått å auke løyvinga med:

  • 9,7 mill. kroner knytte til forventa refusjonar frå EUs grense- og visumordning.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 31 mill. kroner.

Kap. 442 Politihøgskolen

(i 1 000 kr)

Post

Betegnelse

Regnskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Driftsutgifter

634 189

629 942

633 984

Sum kap. 0442

634 189

629 942

633 984

Omtale av verksemda

Polithøgskolen (PHS) er den sentrale utdanningsinstitusjonen for politi- og lensmannsetaten i Noreg og har som hovudoppgåve å drive utdanning, forsking og formidling. Den skal vere ein profesjonsretta utdanningsinstitusjon på høgt nivå, som utviklar og formidlar dei kunnskapane, ferdigheitene og haldningane som politiet må ha for å bidra til å sikre tryggleik, lovlydnad og orden.

Bemanninga per 31. mars 2019 utgjorde 438 årsverk.

Justis- og beredskapsdepartementet vurderer å slå saman PHS og Kriminalomsorgens høgskole og utdanningssenter KRUS. Å slå saman PHS og KRUS er i tråd med regjeringa sin politikk for forsking og høgare utdanning, jf. Meld. St. 16 (2016–2017) Kultur for kvalitet i utdanning og Meld. St. 4 (2018–2019) Langtidsplan for forsking og høyere utdanning 2019–2028.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten dekker lønnsutgifter og andre driftsutgifter ved PHS.

Det blir foreslått å flytte:

  • 3,3 mill. kroner til kap. 442, post 01, frå kap. 440, post 01, i samband med utgifter knytte til leige av skyteanlegg på Sæter gard.

Det blir foreslått å redusere løyvinga med:

  • 6,6 mill. kroner som følgje av heilårsverknaden av at opptaket til bachelorprogrammet ved Politihøgskolen vart redusert frå 720 til 550 studentar i 2018.

  • 4,1 mill. kroner som følgje av at opptaket til bachelorprogrammet ved Politihøgskolen skal reduserast frå 550 til om lag 400 studentar i 2020, der nedtrekket blir gjort i Oslo.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 634 mill. kroner.

Kap. 3442 Politihøgskolen

(i 1 000 kr)

Post

Betegnelse

Regnskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

02

Diverse inntekter

27 649

16 643

17 090

03

Inntekter fra Justissektorens kurs- og øvingssenter

20 523

18 507

19 003

Sum kap. 3442

48 172

35 150

36 093

Post 02 Diverse inntekter

Inntektene til PHS kjem frå kursverksemd, utleige, kantinesal og boksal, i tillegg til moglege inntekter frå oppdragsverksemd.

Regjeringa foreslår at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 442, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3442, post 02, jf. forslag til vedtak.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 17,1 mill. kroner.

Post 03 Inntekter fra Justissektorens kurs- og øvingssenter

Inntekter frå drifta av Justissektorens kurs- og øvingssenter i Stavern blir førte på posten.

Regjeringa foreslår at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 442, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3442, post 03, jf. forslag til vedtak.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 19 mill. kroner.

Kap. 444 Politiets sikkerhetstjeneste (PST)

(i 1 000 kr)

Post

Betegnelse

Regnskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Driftsutgifter

905 096

890 983

982 580

Sum kap. 0444

905 096

890 983

982 580

Omtale av verksemda

Sentrale føresegner for PST, utanom straffelova og straffeprosesslova, er kapittel III a i politilova, som fastset korleis PST skal vere organisert, og kva oppgåver etaten skal ha, og instruksen for PST. Instruksen er heimla i politilova § 29 og utdjupar føresegnene i politilova om organiseringa og oppgåvene. PSTs primære ansvar er å førebyggje og etterforske straffbare handlingar mot rikets tryggleik. Sentralt står å samle inn informasjon om personar og grupper som kan utgjere ein trussel, utarbeide ulike analysar og trusselvurderingar som underlag for avgjerder for myndigheitene og andre sentrale aktørar, utøve etterforsking, påtale og iretteføring av straffbare forhold, gjennomføre førebyggjande operative tiltak og drive rådgiving. PST samarbeider i stor grad både nasjonalt og internasjonalt under gjennomføringa av samfunnsoppdraget.

PST har òg det nasjonale ansvaret for å utføre livvaktteneste på norsk jord for norske og utanlandske myndigheitspersonar. Dette er regjeringsmedlemmer, stortingsrepresentantar og dommarar i Høgsterett og tilsvarande representantar frå andre land og ambassadane til andre land i Noreg. Livvaktene følgjer òg enkelte norske myndigheitspersonar på reiser i utlandet. Livvakttenesta blir utført i nært samarbeid med politidistrikta. Kongehuset har eiga livvaktteneste i Den kongelege politieskorten, som ligg under Oslo politidistrikt.

Bemanninga per 31. mars 2019 utgjorde 583 årsverk.

Førebygging av ulovleg etterretningsverksemd og terror

Den tryggingspolitiske situasjonen i verda er utfordrande. Etterretningstenester i framande land viser at dei har både evne og vilje til å bruke tilgjengelege middel mot andre statar for å fremme eigne interesser. Metodar som blir nytta, er bl.a. nettverksoperasjonar og bruk av innsidarar. Aktivitet frå statlege aktørar som kan utgjere ein trussel mot norsk tryggleik omfattar både tradisjonell etterretning, økonomiske verkemiddel, påverknad og oppkjøp. PST vurderer i si nasjonale trusselvurdering (NTV 2019) at etterretningstenestene frå fleire land vil forsøke å rekruttere kjelder og kartleggje personar og verksemder i 2019. Formålet vil vere å skaffe sensitiv informasjon og påverke avgjerder.

Den teknologiske utviklinga endrar trusselbiletet og føresetnadene til PST for å førebyggje og etterforske desse truslane. Trusselaktørane opererer i aukande grad i det digitale domenet. Verktøya for å utøve truslar blir fleire, meir avanserte og enklare tilgjengelege både for statlege og ikkje-statlege aktørar. I tillegg blir samfunnsverdiane i aukande grad forvalta i det digitale domenet, og komplekse og grenseoverskridande verdikjeder skapar fleire sårbarheiter. Dette krev at PST utviklar både kompetanse og kapasitetar mot dette domenet.

I revidert nasjonalbudsjett for 2019 vart det løyvd 162 mill. kroner for å styrke PSTs evne til å innhente informasjon i det digitale rommet, slik at tenesta har tilstrekkeleg tilgang på informasjon til å kunne utføre relevante tiltak for å avdekke og hindre terror, spionasje, sabotasje og påverkingsoperasjonar mot Noreg. Regjeringa foreslår å løyve 84 mill. kroner til formålet i 2020, noko som er ein nødvendig auke knytt til løyvinga gitt i revidert nasjonalbudsjett 2019. Styrkinga er også eit viktig tiltak for arbeidet mot radikalisering og valdeleg ekstremisme, omtalt under pkt. 11.3.

PST vil halde fram arbeidet med å gjere leiinga av offentlege og private verksemder medvitne om den veksande risikoen knytt til ulovleg etterretningsverksemd og faren for sabotasje, og andre hendingar som kan vere angrep på grunnleggjande nasjonale interesser. Det kan vere ulike typar angrep som kan vere svært alvorlege når ein ser dei i samanheng (hybride truslar). Dette vil bidra til at verksemdene i større grad sjølve kan setje i verk effektive tiltak for å førebyggje og for å redusere sårbarheit. Justis- og beredskapsdepartementet vil i samarbeid med andre sektorar og departement arbeide for å styrke koordineringa og samarbeidet mellom dei ulike sektorane. Siktemålet er for det første å auke den nasjonale evna til å førebyggje ulovleg etterretningsverksemd og for det andre å avdekke hybride truslar mot Noreg.

Førebygging av radikalisering og valdeleg ekstremisme, medrekna terror

Ekstreme islamistar utgjer ifølgje PSTs trusselvurdering for 2019 framleis den mest alvorlege terrortrusselen mot Noreg. Sentralisert etterforsking av framandkrigarar har vore eit vellukka tiltak i PSTs kontraterrorarbeid, noko som har medverka til at Noreg er blant dei mest offensive landa i Europa når det gjeld etterforsking og iretteføring av framandkrigarar. Dette har også hatt positiv effekt på den nasjonale radikaliseringssituasjonen. Svekkinga av Den islamske staten (ISIL) har også bidratt til redusert radikaliseringsverksemd og redusert støtte til ekstrem islamisme i Noreg. PST meiner likevel at det vil vere enkelte ekstreme islamistar som ser Noreg som eit legitimt mål for terrorhandlingar.

I tida framover vil mange framandkrigarar og andre terrordømde bli lauslatne frå fengsel i Europa. Etter fullført soning skal desse personane reintegrerast i samfunnet. Kapasiteten og intensjonane deira kan utgjere ein tryggleiksrisiko. Enkelte kan òg ha psykiske traume og behov for medisinsk bistand. Eit tett samarbeid mellom PST, lokalt politi, kriminalomsorg, kommunar og sivilsamfunnet er sentralt både i førebygging av radikalisering og valdeleg ekstremisme og når det gjeld reintegrering av personar som har sona dom for terrorrelatert verksemd. Det er derfor viktig med gode tverretatlege førebyggingsstrukturar.

Samstundes er det framleis norske borgarar i både Syria og Irak, både menn, kvinner og barn. Det er usikkert om dei vil returnere til Noreg. Sannsynlegvis vil dei vaksne framleis vere sterkt påverka av ISIL sin ideologi, og ein kan derfor vente at dei er fiendtleg innstilte overfor Noreg og den vestlege verda. Det er uvisst kva tryggleiksrisiko desse borgarane vil utgjere etter at dei eventuelt er komne til Noreg. Dei som returnerer til Noreg, vil bli etterforska for brot på terrorlovgivinga, krigsbrotsverk eller brotsverk mot menneskeheita.

Det er viktig å halde både kunnskapen om, og merksemda kring, radikalisering og valdeleg ekstremisme ved like. Sjølv om konfliktområde og personar som har delteke i kamphandlingar, tiltrekkjer seg mykje merksemd, er det viktig å anerkjenne faren knytt til den heimlege ekstremismen og vald frå personar og miljø uavhengig av motivasjon og ideologi. Ei rekkje angrep i Europa og resten av verda dei seinaste åra er gjennomførte av personar som ikkje hadde erfaring frå konfliktområde, men som på eige initiativ, og/eller i samarbeid med andre, utførte valdelege handlingar.

Etter PSTs vurdering har det vore ei negativ utvikling når det gjeld trusselen frå høgreekstreme i Noreg. Det siste året har meir merksemd vore retta mot bruk av terror som verkemiddel i internasjonale høgreekstreme nettverk. Dette er nettverk som er sameinte i eit ønske om å beskytte den kvite europeiske rasen og kulturen med valdelege middel. Dette får gehør også i Noreg, der fleire har kome med støtteerklæringar til høgreekstreme terrorangrep som har skjedd i seinare tid. Terrorangrepet mot ein moske i Bærum i august 2019 syner at angrep frå høgreekstreme utgjer ein alvorleg trussel.

Samstundes er det registrert ei auke i høgreekstrem propaganda på internett. Særleg propaganda produsert i samband med høgreekstreme terrorangrep får brei spreiing på internett, men også anna materiale produsert av enkeltpersonar og meir etablerte høgreekstreme nettverk. Propagandaen er lett tilgjengeleg og blir delt på opne og lukka nettplattformar, der også norske høgreekstreme er aktive. Materialet kan i enkelte tilfelle definerast som hatkriminalitet, sjå pkt. 7.2.6.

Det er få venstreekstreme grupper i Noreg, men enkelte av desse gruppene har hatt høgare rekruttering det siste året. Gruppene har blitt meir aktive, og aktiviteten består nesten utelukkande av motreaksjonar til politiske motstandarar.

Justis- og beredskapsdepartementet har det nasjonale koordineringsansvaret i oppfølginga og vidareutviklinga av regjeringa sin handlingsplan mot radikalisering og valdeleg ekstremisme. Det er etablert eigne grupper på både departements- og direktoratsnivå for å koordinere arbeidet. Det blir jamleg utarbeidd statusrapportar for tiltaka i planen, som er tilgjengelege på www.radikalisering.no. Tiltaka i handlingsplanen har styrkt det førebyggjande arbeidet slik at personar i risikosona kan bli fanga opp så tidleg som mogleg, og slik at dei blir møtte med tiltak som verkar. Det skal vurderast om eksisterande tiltak har ønskt effekt, og nye tiltak skal vurderast i tråd med kunnskaps- og trusselutviklinga.

I 2015 vart det etablert ei tilskotsordning for førebygging av radikalisering og valdeleg ekstremisme. Ordninga har som hovudmål å stimulere til kompetanseheving i kommunane og å utvikle gode system lokalt for å førebyggje og handtere utfordringar knytte til radikalisering og valdeleg ekstremisme. Tidleg innsats i lokalmiljøet er avgjerande for å lukkast med å førebyggje radikalisering og valdelig ekstremisme. Tilskotsmidlane er fordelte på eit breitt spekter av prosjekt både når det gjeld utfordringar, og når det gjeld målgrupper. Sjå programkategori 06.70.

Trusselen mot myndigheitspersonar

Trusselaktiviteten mot myndigheitspersonar rammar ikkje berre myndigheitspersonane det gjeld, men er også ein trussel mot viktige delar av det norske demokratiet. Undersøkingar viser at fleire myndigheitspersonar vegrar seg for å fremme synspunkt i frykt for å bli utsette for truslar, netthets og hatefulle ytringar, og enkelte har også vurdert å slutte som politikarar.

I samband med førebuing og gjennomføring av kommune- og fylkestingsvalet i 2019 bidrog PST med råd til alle aktørane om både planlegging, organisering av arbeidet og avgjerdsgrunnlag. PSTs vurdering for 2019 er at terskelen for å gjennomføre angrep mot myndigheitspersonar framleis vil vere høg, sjølv om det jamleg blir framsett truslar.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten dekker driftsutgifter for Den sentrale eininga (DSE) i PST i tillegg til enkelte utgifter knytte til drift av dei lokale PST-einingane i politidistrikta.

Det blir foreslått å auke løyvinga med:

  • 84 mill. kroner for å styrke arbeidet med informasjonsinnhenting i det digitale rom, ein nødvendig.

  • 7,4 mill. kroner til IKT-drift auke knytte til løyvinga gitt i revidert nasjonalbudsjett 2019.

Det blir foreslått å flytte:

  • 143 000 kroner frå kap. 444, post 01 til kap. 440, post 01 i samband med vidareføring av JustisCert.

Det blir foreslått å redusere løyvinga med:

  • 5,3 mill. kroner til PSTs nye analysesystem, der 5 mill. kroner er ei følgje av at PST fekk auka løyvinga til formålet med 10 mill. kroner i revidert nasjonalbudsjett 2019 mot ein reduksjon på 5 mill. kroner i 2020 og 5 mill. kroner i 2021.

  • 3,2 mill. kroner som følgje av gevinstar frå nytt analysesystem.

  • 4,1 mill. kroner knytte til gjennomførte investeringar i objektsikringstiltak.

  • 930 000 kroner mot ein tilsvarande auke under kap. 1605, post 01, som følgje av bruk av nytt økonomisystem gjennom Direktoratet for økonomistyring.

  • 3 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon under kap. 3444, post 02, som følgje av ein reduksjon i forventa inntekter.

  • 87 000 kroner som følgje av krav om å redusere kostnadar knytte til leige av kontorlokale.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 982,6 mill. kroner.

Kap. 3444 Politiets sikkerhetstjeneste (PST)

(i 1 000 kr)

Post

Betegnelse

Regnskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

02

Refusjoner

18 407

20 000

17 640

Sum kap. 3444

18 407

20 000

17 640

Post 02 Refusjoner

På posten blir det rekneskapsført inntekter som PST får refundert for enkeltoppdrag og særskild bistand til Utanriksdepartementet.

Det blir foreslått å redusere løyvinga med:

  • 3 mill. kroner mot tilsvarande auke på kap. 444, post 01, som følgje av ein reduksjon i forventa inntekter.

Regjeringa foreslår at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 444, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3444, post 02, jf. forslag til vedtak.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 17,6 mill. kroner.

Kap. 445 Den høyere påtalemyndighet

(i 1 000 kr)

Post

Betegnelse

Regnskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Driftsutgifter

257 551

262 057

277 795

Sum kap. 0445

257 551

262 057

277 795

Omtale av verksemda

Riksadvokaten leier fagleg og administrativt Den høgare påtalemakta og har den overordna faglege leiinga av all straffesaksbehandling både i eigen etat og i politiet.

Den høgare påtalemakta er ei fellesnemning for dei ti statsadvokatregionane i Noreg, Det nasjonale statsadvokatembetet, Økokrim og Riksadvokatembetet. Økokrim er både eit statsadvokatembete og ein sentral politieining. Riksadvokaten er fagleg overordna straffesaksbehandlinga ved Økokrim, men Politidirektoratet har det overordna ansvaret for anna verksemd ved Økokrim og for administrative forhold. Statsadvokatembeta i regionane har ansvaret for straffesaksbehandlinga i politidistrikta i sine regionar. Det nasjonale statsadvokatembetet har på si side påtaleansvaret på statsadvokatnivå for saker som Kripos behandlar sjølv, og står også for den overordna faglege leiinga av straffesaksbehandlinga ved Kripos. Det nasjonale statsadvokatembetet har også påtaleansvaret på statsadvokatnivå for straffesaksbehandlinga ved Politiets tryggingsteneste.

Hovudmålet til Den høgare påtalemakta er å bidra til redusert kriminalitet ved målretta og effektiv straffesaksbehandling, samstundes som krava til høg kvalitet og rettstryggleik blir varetekne.

Bemanninga per 31. mars 2019 utgjorde 173 årsverk.

Status i straffesaksbehandlinga hos Den høgare påtalemakta

Statsadvokatane tek avgjerder i sakene dei får tilsendt frå påtalemakta i politiet. Talet på påtalesaker auka med over 5 000 i 2018. Det er uvisse knytt til kvaliteten på statistikken for 2017 då overgangen til nasjonal basisløysing (BL) for straffesaksbehandlinga i politiet i mars 2017 gav utfordringar med å få korrekt statistikk om bl.a. arbeidsmengd ved statsadvokatembeta. Det er derfor usikkert om det har vore ein reell auke i saker i 2018 jamført med 2017. I statsbudsjettet for 2019 vart det sett av 10 mill. kroner til fleire påtalejuristar for å få fortgang i saksbehandlinga, særskilt med vald- og overgrepssaker mot barn.

Måloppnåinga ved Riksadvokatembetet og statsadvokatembeta er framleis god. Ved Riksadvokatembetet var gjennomsnittleg saksbehandlingstid i 2018 for påtalesakene 8 dagar og for klagesakene 14 dagar. Målet om prosentdelen saker avgjorde innan 30 dagar vart nådd i 2018, med 97 pst. i påtalesakene og 94 pst. i klagesakene.

Alle statsadvokatembeta hadde i 2018 ei gjennomsnittleg saksbehandlingstid innanfor 30 dagar i påtalesaker. For klagesaker var det to embete som ikkje nådde målet, med saksbehandlingstid på høvesvis 30 og 41 dagar. I 2018 vart 90,5 pst. av sakene der gjerningspersonen var under 18 år på handlingstidspunktet, behandla innan 15 dagar. Dette er ein framgang frå 2017 då måloppnåinga var 86,7 pst.

Den generelle fagleiinga

Aktiviteten i statsadvokatane si fagleiing av politiets straffesaksbehandling har auka på landsbasis. Fagleiinga og arbeidsmetodikken som blir nytta, er også blitt meir profesjonalisert, og utføringa er blitt likare på tvers av statsadvokatembeta. Arbeidet med å utvikle ei aktiv fagleiing skal vidareførast i 2020, jf. regjeringas forslag om å styrke arbeidet med 10 mill. kroner i 2020.

Den høgare påtalemakt har eit særleg ansvar for å stille krav til og sørge for at kvaliteten på straffesaksbehandlinga held eit høgt nivå. Riksadvokaten sitt kvalitetsrundskriv med ajourføring av 21. februar 2019 gir oversikt over dei ulike kvalitetskrava som gjeld for etterforskings- og påtalearbeidet.

Utvikling av nasjonale kvalitetsindikatorar er viktige bidrag i arbeidet med kvalitetsforbetring av straffesaksbehandlinga. Indikatorane har stått sentralt i dei landsomfattande kvalitetsundersøkingane statsadvokatane gjennomførte i 2016 og 2018 av politiets etterforsking og påtalemessige behandling av høvesvis valdtektssaker og såkalla valdssaker med frist. Også i 2019 har statsadvokatane undersøkt straffesaksbehandlinga av valdtektssaker, men avgrensa gjennomgangen til om lag 100 valdtektssaker. I 2020 skal 2016-undersøkinga følgjast opp med ei ny landsomfattande kvalitetsundersøking av valdtektssaker.

Figur 2.17 Saksavgjersler ved statsadvokatembeta i perioden 2013–2018

Figur 2.17 Saksavgjersler ved statsadvokatembeta i perioden 2013–2018

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten dekker i hovudsak driftsutgifter for Den høgare påtalemakta.

Det blir foreslått å flytte:

  • 10 mill. kroner til kap. 445, post 01 frå kap. 440, post 01 for å styrke arbeidet med fagleiinga.

  • 1,25 mill. kroner frå kap. 445, post 01 til kap. 440, post 01 som følgje av at det er flytta oppgåver frå politiet til Den høgare påtalemakta.

  • 45 000 kroner frå kap. 445, post 01 til kap. 440, post 01 i samband med vidareføring av JustisCert.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 277,8 mill. kroner.

Kap. 3445 Den høyere påtalemyndighet

(i 1 000 kr)

Post

Betegnelse

Regnskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

02

Refusjoner

2 000

3 000

3 096

Sum kap. 3445

2 000

3 000

3 096

Post 02 Refusjoner

Løyvinga på posten dekker refusjonar frå tidlegare utleigar i samband med flytting til nye lokale. Det blir foreslått ei løyving på posten på 3,1 mill. kroner.

Kap. 446 Den militære påtalemyndighet

(i 1 000 kr)

Post

Betegnelse

Regnskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Driftsutgifter

8 240

8 909

9 058

Sum kap. 0446

8 240

8 909

9 058

Omtale av verksemda

Generaladvokaten leiar den militære påtalemakt og er overordna krigsadvokatane. Generaladvokaten er underlagt riksadvokaten i påtalemessige spørsmål, men er administrativt underlagt Justis- og beredskapsdepartementet. Generaladvokaten og krigsadvokatane tilhøyrer påtalemakta, og har ansvaret for militære straffesaker. Dei har i tillegg som oppgåve å støtte militære sjefar i kontroll med disiplinærutøvinga og gi utsegn i klagesaker og visse andre disiplinærsaker. I tillegg til dei løpande oppgåvene har generaladvokaten ansvaret for å forberede rettergang i krigstid. Embetet har også oppgåver av folkerettsleg art innanfor sitt fagområde.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten dekker alle driftsutgifter for Generaladvokatembetet, under dette krigsadvokatane for Sør- og Nord-Noreg. Bemanninga per 31. mars 2019 utgjorde 8,5 årsverk.

Det blir foreslått å flytte:

  • 2 000 kroner frå kap. 446, post 01 til kap. 440, post 01 i samband med vidareføring av JustisCert.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 9,1 mill. kroner.

Kap. 448 Grensekommissæren

(i 1 000 kr)

Post

Betegnelse

Regnskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Driftsutgifter

5 480

5 636

5 745

Sum kap. 0448

5 480

5 636

5 745

Post 01 Driftsutgifter

Bemanninga ved Grensekommissariatet per 31. mars 2019 utgjorde 5 årsverk. Løyvinga på posten dekker utgifter til lønn og andre driftsutgifter. Posten skal dessutan dekke utgifter til grensemerking mellom Noreg og Russland og utgifter i samband med møte med finske og russiske grensemyndigheiter.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 5,7 mill. kroner.

Programkategori 06.50 Redningstjenesten, samfunnssikkerhet og beredskap

Utgifter under programkategori 06.50 fordelt på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Betegnelse

Regnskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

Pst. endr. 19/20

01–25

Driftsutgifter

2 248 789

2 246 066

2 663 342

18,6

30–49

Nybygg, anlegg m.v.

1 755 276

3 135 612

2 494 629

-20,4

70–89

Overføringer til private

173 265

278 357

292 410

5,0

Sum kategori 06.50

4 177 330

5 660 035

5 450 381

-3,7

Utgifter under programkategori 06.50 fordelt på kapitler

(i 1 000 kr)

Kap.

Betegnelse

Regnskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

Pst. endr. 19/20

451

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap

889 810

774 460

1 573 440

103,2

452

Sentral krisehåndtering

26 061

26 398

26 849

1,7

453

Sivil klareringsmyndighet

28 750

31 927

32 527

1,9

454

Redningshelikoptertjenesten

2 186 971

3 785 162

3 015 384

-20,3

455

Redningstjenesten

315 033

415 045

431 875

4,1

456

Nød- og beredskapskommunikasjon

730 705

627 043

-100,0

457

Nasjonal Sikkerhetsmyndighet

370 306

Sum kategori 06.50

4 177 330

5 660 035

5 450 381

-3,7

1 Innleiing

Programkategori 06.50 Redningstenesta, samfunnstryggleik og beredskap omfattar Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB), Sivil klareringsmyndigheit (SKM), Nasjonalt tryggingsorgan (NSM), redningshelikoptertenesta, redningstenesta og sentral krisehandtering.

Samfunnstryggleikskjeda er kjenneteikna av mange aktørar som varetek ulike delar av arbeidet med samfunnstryggleik. Ansvaret er fordelt mellom ei rekkje departement og verksemder. Ansvarsfordelinga mellom dei ulike aktørane på samfunnstryggleiksområdet er vist i tabell 1.4 i del I. Aktørane i kjeda har eit samla ansvar for å ha tilstrekkeleg kunnskap og oversikt over risiko og sårbarheit, drive effektiv og målretta førebygging, ha tilstrekkeleg beredskap og krisehandtering, kunne tilbakeføre funksjonar ved øydeleggingar og lære av erfaringar frå øvingar og hendingar.

Verksemdene i programkategori 06.50 er sentrale i samfunnstryggleikskjeda. Verksemdene skal saman med departementet hjelpe til med å sikre tryggleiken til innbyggjarane ved at samfunnet best mogleg blir i stand til å unngå uønskte hendingar. Politiet og Politiets tryggingsteneste (PST) hjelper med kapasitet og kompetanse for å redusere sårbarheit i samfunnet, jf. òg omtalen under programkategori 06.40.

2 Mål og budsjettprioriteringar

Måla for programkategori 06.50 er:

  • kunnskapsbasert førebygging

  • redusert sårbarheit i samfunnet

  • styrkt samhandling i beredskap og krisehandtering

  • betre leiing og styrkt leiingskultur

Regjeringa foreslår desse hovudprioriteringane i budsjettforslaget:

  • auke løyvinga til DSB med 40 mill. kroner til tryggleik i Nødnett

  • auke løyvinga til NSM med 20 mill. kroner til digitalisering av sakshandsaming innanfor persontryggleik

  • auke løyvinga til DSB med 15,6 mill. kroner i samband med auka kontingent for deltaking i EUs ordning for sivilberedskap (rescEU)

  • auke løyvinga med 6 mill. kroner for å betre vareta Noregs ansvar for redningsberedskap i dei nordlige havområda gjennom ei betra high-frequency-dekning (HF-dekning)

  • auke løyvinga til NSM med 5,4 mill. kroner i tråd med Langtidsplan for forsvarssektoren, jf. Prop. 151 S (2015–2016) for å styrke analyse og avdekking av alvorlege digitale angrep mot digital infrastruktur

  • løyve 1,1 mill. kroner til å greie ut eit system for mobilbasert befolkningsvarsling.

  • løyve 12,5 mill. kroner til forsking på digital tryggleik og effektar av teknologiutvikling

  • løyve om lag 3 mrd. kroner for å sikre anskaffinga av 16 nye redningshelikopter til erstatning for Sea King og midlar til drift og vedlikehald av dagens redningshelikopter.

  • vidareutvikle eit totalforsvar som er tilpassa nye utfordringar gjennom eit heilskapleg program for vidareutvikling av totalforsvaret og arbeidet med NATOs sju grunnleggjande forventningar

  • planleggje, gjennomføre og evaluere tverrsektorielle øvingar på nasjonalt nivå som gir høve for brei deltaking på departements- og direktoratsnivå

3 Tverrsektorielt arbeid på samfunnstryggleiksområdet

3.1 Samordningsrolla til Justis- og beredskapsdepartementet

Samordningsrolla til Justis- og beredskapsdepartementet er fastsett i Instruks for departementenes arbeid med samfunnssikkerhet (samfunnstryggleiksinstruksen). Instruksen tydeleggjer og konkretiserer oppgåvene til departementa og fastset nærmare krav til dei hovudansvarlege departementa.

Ansvaret for samfunnstryggleiken er fordelt på alle sektorar, og så vel statlege som kommunale og private verksemder speler viktige roller. Samordningsrolla til Justis- og beredskapsdepartementet er under kontinuerleg utvikling, og målet er ei målretta og systematisk styrking av samfunnstryggleiken på tvers av sektorgrensene.

3.2 Felles planleggingsgrunnlag

Samordning kan vere utfordrande, og ein viktig føresetnad for å lukkast er at aktørane har ei felles situasjons- og risikoforståing og eit felles bilete av kva som er særleg viktig å prioritere. På grunnlag av kunnskap om truslar og risikoar må det vurderast kva for tiltak som er mest kostnadseffektive, og kva for ein effekt dei vil kunne ha for å redusere risiko og sårbarheiter i samfunnet. Når eit tiltak er gjennomført, må det vurderast om risikoen er redusert til eit akseptabelt nivå, eller om ytterlegare tiltak må til.

Oversyn over kva for funksjonar som er kritiske i eit samfunnsperspektiv, og avhengnadene mellom desse, er ein føresetnad for godt samfunnstryggleiksarbeid. Oppdaterte og gode planleggingsgrunnlag er viktig for dette arbeidet.

Trussel- og sårbarheitsvurderingane som blir utarbeidde av bl.a. PST og NSM, og DSBs krisescenario, gir eit viktig felles grunnlag for arbeidet med nasjonal- og samfunnstryggleik. Departementet legg til grunn at trussel- og risikovurderingane og scenarioa skal vere ein del av grunnlaget for arbeidet med å styrke tryggleiken og beredskapen i alle departement og etatar.

Sikring av kritiske samfunnsfunksjonar er ein sentral del av samfunnstryggleiksarbeidet. Rapporten «Samfunnets kritiske funksjoner. Hvilken funksjonsevne må samfunnet opprettholde til enhver tid?» utarbeidd av DSB i 2016, gir ei rettleiing for prioriteringar innanfor kvar enkelt sektor. Rapporten er eit utgangspunkt for arbeidet med status- og tilstandsvurderingar.

Regjeringa har fremma to tverrsektorielle stortingsmeldingar om samfunnstryggleik. Meld. St. 10 (2016–2017) Risiko i et trygt samfunn, jf. Innst. 326 S (2016–2017), gjer greie for regjeringas politikk for arbeidet med samfunnstryggleik og er regjeringas strategi for samfunnstryggleik i eit fireårsperspektiv. I Meld. St. 38 (2016–2017) IKT-sikkerhet – Et felles ansvar, jf. Innst. 187 S (2017–2018), gir regjeringa eit oversyn over statusen for oppfølginga av tilrådingane i rapporten frå det digitale sårbarheitsutvalet, NOU 2015: 13 Digital sårbarhet – sikkert samfunn, og regjeringas prioriteringar på IKT-tryggleiksområdet.

Regjeringa har vidare etablert eit system for utarbeiding av status- og tilstandsvurderingar for 14 samfunnskritiske funksjonar, jf. Meld. St. 10 (2016–2017) Risiko i et trygt samfunn og tabell 1.4 i del I. Det skal rapporterast for alle 14 funksjonane i løpet av fire år. Dei hovudansvarlege departementa for samfunnsfunksjonane forsyningstryggleik, transport, natur og miljø, og lov og orden presenterer status- og tilstandsvurderingane sine i årets budsjettproposisjonar for høvesvis Nærings- og fiskeridepartementet, Samferdselsdepartementet, Klima- og miljødepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet. For Justis- og beredskapsdepartementet er dette omtalt i del III i denne budsjettproposisjonen.

DSB har utarbeidd risikoanalysar av alvorlege hendingar som kan ramme det norske samfunnet, sidan 2011. Analysane omfattar naturhendingar, store ulukker og tilsikta handlingar. Risikoanalysane går på tvers av sektorar og forvaltningsnivå for å få fram kunnskap og skape medvit om det breie spekteret av moglege følgjehendingar og konsekvensar. I medhald av Instruks for departementenes arbeid med samfunnssikkerhet (samfunnstryggleiksinstruksen) er krisescenarioa ein del av det overordna nasjonale planleggingsgrunnlaget på samfunnstryggingsfeltet. I 2019 vart desse samla i ein ny, oppdatert samlerapport: Analyser av krisescenario 2019. Totalt 25 scenario er omtalte i rapporten. I tillegg er det utarbeidd eit gradert scenario om hybride angrep på Noreg. I samsvar med Europaparlamentets- og rådsavgjerd nr. 1313/2013/EU av 17. desember 2013 om EUs ordning for sivil beredskap, skal medlemslanda utarbeide nasjonale risikovurderingar og gjere eit relevant samandrag av dei tilgjengeleg for kommisjonen kvart tredje år frå 2015. Eit samandrag av samlerapporten for 2019 vart lagt til grunn for rapporteringa til EU.

I 2019 skal krisescenarioa evaluerast. Formålet med evalueringa er å få oppdatert kunnskap om korleis viktige målgrupper brukar scenarioa, og om korleis ulike faktorar påverkar nytteverdien. Faktorar som kan påverke nytteverdien, er t.d. graden av detaljar i analysane, metoden som blir brukt, og korleis scenarioa synleggjer ulike sårbarheiter. Evalueringa dannar grunnlaget for ei eventuell vidareutvikling av metode og prosess.

Justis- og beredskapsdepartementet har i 2019 utarbeidd ein ny risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS-analyse) for eige departement og justissektoren. Rapporten ser på ulike hendingar og vurderer risikoen dei utgjer, og foreslår ulike tiltak som må vurderast vidare og ev. implementerast for å redusere risikoen.

Justis- og beredskapsdepartementet har i 2019 publisert ein ny rettleiar til Instruks for departementenes arbeid med samfunnsikkerhet (samfunnstryggleiksinstruksen), fastsett av Justis- og beredskapsdepartementet i 2017. Denne erstattar rettleiaren frå DSB frå 2015. Rettleiaren skal vere eit hjelpemiddel for departementa og gir råd og anbefalingar om korleis departementa kan følgje opp krava i instruksen.

Regjeringa styrker arbeidet med hybride truslar. Justis- og beredskapsdepartementet koordinerer arbeidet i nært samarbeid med Utanriksdepartementet og Forsvarsdepartementet. Ei tverrdepartemental arbeidsgruppe fremma i 2018 forslag til ei rekkje tiltak for å forbetre den heilskaplege situasjonsforståinga knytt til hybride truslar. Det blir arbeidd med å følgje opp forslaga.

Regjeringa tek sikte på å leggje fram ei stortingsmelding om samfunnstryggleik våren 2020. I medhald av samfunnstryggleiksinstruksen utgjer meldingane ein del av det overordna planleggingsgrunnlaget på samfunnstryggleiksfeltet.

3.3 Tilsyn med departementa

Tilsyn med korleis departementa arbeider med samfunnstryggleik, er eit sentralt verkemiddel for samordningsrolla til Justis- og beredskapsdepartementet, og det har bidratt til å styrke samfunnstryggleiksarbeidet over tid. Tilsyna tener to formål: å fremme god kvalitet i samfunnstryggleiksarbeidet i det enkelte departementet og å bidra til eit samordna og heilskapleg arbeid med samfunnstryggleik på tvers av departements- og sektoransvar. Tilsyna skal i større grad enn tidlegare vere baserte på vesentlegheit og risiko. Det kan føre til at tilsyn blir retta mot særskilde tema og krav i instruksen. Det skal leggjast meir vekt på tverrsektorielle utfordringar.

Tilsyna blir gjennomførte av DSB på vegner av Justis- og beredskapsdepartementet. Helse- og omsorgsdepartementet har ansvar for å føre tilsyn med Justis- og beredskapsdepartementet og delegerer dette normalt til Statens helsetilsyn. DSB kan støtte Helse- og omsorgsdepartementet ved dette tilsynet, men vil då vere underlagt dei.

Regjeringa er orientert om resultat frå og oppfølging av kvart enkelt tilsyn. Alle tilsynsrapportar er som hovudregel offentlege ved innsyn, og tilsyna blir avslutta når alle brot på krav og vesentlege forbetringspunkt er lukka.

Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) fører i tillegg tilsyn med departementa innanfor tryggingslovas verkeområde. NSM og DSB koordinerer tilsynsaktiviteten sin mot departementa.

3.4 Forsking og kunnskapsutvikling

I tråd med Meld. St. 10 (2016–2017) Risiko i et trygt samfunn skal samfunnstryggleiksområdet vareta læring og oppfølging etter hendingar. Det er stort behov for meir kunnskap på feltet, og samfunnstryggleiksinstruksen stiller no større krav til korleis departementa arbeider med kunnskapsbasert samfunnstryggleiksarbeid. Departementa skal bl.a. evaluere øvingar og hendingar og sørge for at funn og læringspunkt blir følgde opp i organisasjonen og i leiinga.

Forsking er eit viktig verkemiddel for Justis- og beredskapsdepartementet i arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap. Departementet arbeider for betre bruk av forsking og evaluering som grunnlag for læring, kunnskapsbaserte løysingar og generell politikkutforming i departementet og sektoren. Dei sentrale kunnskapsbehova innan samfunnstryggleik er betre forståing av faktorar som styrker motstandskrafta i samfunnet, kva som gjer komplekse og kritiske samfunnsfunksjonar sårbare, effektiv styring og leiing av arbeidet med samfunnstryggleik, betre erkjenning av risiko, operativ samhandling og førebygging av terrorisme.

Vidare er det eit stort behov for meir kunnskap om effekten av offentleg verkemiddelbruk på området, slik som reguleringar, tilsyn, øvingar, rettleiing m.m. Som følgje av måten ansvar og roller er fordelte på innan samfunnstryggleiken, er kunnskapsgrunnlaget òg delt opp på mange. Ein nærmare omtale av forskingsinnsatsen innan samfunnsstryggleik er å finne i programkategori 06.10.

Justis- og beredskapsdepartementet tek del i finansieringa av program i Forskingsrådet knytta til samfunnstryggleik (SAMRISK) og digital tryggleik (IKT Pluss). Forskinga har gitt ny kunnskap til samfunnet og forvaltninga. F.eks. er det prosjekt om kommunikasjon og felles situasjonsforståing blant krisehandteringsaktørar, koordinering ved komplekse redningsaksjonar i nordområda og korleis falske nyheiter kan oppstå og spreie seg gjennom internett. For å styrke forskinga på samfunnstryggleik i regi av SAMRISK og IKT Pluss foreslås det å løyve 12,5 mill. kroner til forsking på digital tryggleik og effektar av teknologiutvikling.

Justis- og beredskapsdepartementet har òg eit særskilt partnarsamarbeid med forskingsinstitusjonar innan sivilt-militært samarbeid og totalforsvar (Forsvarets forskingsinstitutt (FFI)), innan digital tryggleik og fysisk sikring/bygningssikring (Simula og NTNU). Prosjekt innan totalforsvar og vern av samfunnets kritiske funksjonar i serien Beskyttelse av samfunnet (BAS), har blitt utførte ved FFI sidan 1994. BAS9 starta i 2019 med hovudtema om utfordringar og moglegheiter for samfunnstryggleik i framtida, totalforsvarets relevans og utvikling, samordning av arbeidet med kritiske samfunnsfunksjonar / grunnleggjande nasjonale funksjonar og betre læring etter øvingar. Departementet inngjekk ein samarbeidsavtale med FFI i 2018 om forsking på samfunnstryggleiksområdet. Under denne arbeider FFI og Justis- og beredskapsdepartementet saman om bl.a. eit prosjekt om krigsetterleivningar, heilskapleg vurdering av øvinga Trident Juncture (med skrivebordsøvinga) og kjemikalieberedskap.

Justis- og beredskapsdepartementet deltek aktivt i EUs rammeprogram for forsking på tryggleiksfeltet (katastrofeberedskap, sikring av infrastruktur, førebygging av terrorisme, grensekontroll og digital tryggleik). Over halvvegs i programmet er det delt ut meir enn 280 mill. norske kroner til prosjekt innan samfunnstryggleik med norsk deltaking. I samband med utviklinga av eit nytt rammeprogram for Horizon Europe bidrar Justis- og beredskapsdepartementet til dette på samfunnstryggleiksfeltet, i samarbeid med Kunnskapsdepartementet og andre relevante aktørar.

3.5 Samarbeid innan NATO, EU og Norden

Endra tryggingspolitiske og klimatiske omgivnader krev tiltak for styrking og forbetring av motstandsdyktigheita vår mot eit breitt spekter av truslar og risikoar. Noreg bidrar derfor aktivt til NATOs arbeid og har ein nær dialog og eit nært samarbeid med dei nordiske landa. I tillegg følgjer vi arbeidet i EU og tek del i EUs ordning for sivil beredskap.

Det endra tryggingspolitiske biletet har ført til at NATO i større grad enn tidlegare har sett sivilt beredskapsarbeid og sivilt-militært samarbeid på dagsorden. Årsaka er at sivil beredskap, krisehandtering og robuste samfunnskritiske funksjonar er ein føresetnad for samla beredskap og forsvar i kvart enkelt land, og dermed for alliansen som heilskap. NATO vedtok i denne samanhengen i 2016 sju grunnleggjande forventningar til medlemslandas evne til motstand i funksjonar som er kritiske for samfunnet. Som ein del av forsvarsplanlegginga si gjennomfører NATO ei kartlegging (NATO Defence Planning Capability Survey (NDPCS) i alle medlemslanda. Dei sju grunnleggjande forventningane inngår i NATOs kartlegging av nasjonale planar og policyar, nasjonale styrkebidrag og kapasitetar og relevante sivile ressursar og ordningar som kan inngå i allierte operasjonar. Kartlegginga blir gjennomført kvart andre år. Undersøkinga for 2019 er i gang, og departementa som er involverte i arbeidet med totalforsvarsprogrammet, bidrar. I undersøkinga i 2017 var hovudkonklusjonen frå NATO-staben at Noreg har ei robust tilnærming til sivil beredskap.

Noreg deltek i EUs ordning for sivil beredskap. Hensikta med ordninga er å leggje til rette for eit breitt samarbeid i Europa innan samfunnstryggleik og beredskap. For Noreg representerer ordninga eit viktig tryggleiksnett. I tilfelle det skjer ei hending i Noreg som ikkje kan handterast tilstrekkeleg nasjonalt, kan norske myndigheiter be om bistand frå EU. Noreg vurderte bl.a å be om bistand i samband med skogbrannane sommaren 2018. Noreg kan også bidra med bistand til andre land gjennom dette samarbeidet, og Noreg stiller bl.a. det norske Emergency Medical Team til disposisjon. I mars 2019 vedtok EU endringar i ordninga. Dei viktigaste endringane inneber ei styrking av europeisk samfunnstryggleiks- og beredskapsarbeid. Styrkinga blir gjennomført til dels ved auka løyvingar til den sivile beredskapsreserven og dels ved oppretting av rescEU. Endringsavgjerda legg òg opp til ei styrking av det førebyggjande arbeidet i medlemslanda.

Det nordiske samarbeidet innan samfunnstryggleik er prega av tett dialog om spørsmål knytte til nordisk tryggleik, Nordens nærområde og europeiske og globale problemstillingar. Omfanget av og kompleksiteten i vår tids utfordringar har gjort verdi- og interessefellesskapa mellom dei nordiske landa synlege. Landa deler ofte vurderingar av desse utfordringane og korleis dei bør handterast. Dei nordiske landa har eit felles ønske om å bidra til NATO, EU, FN og nærområda våre. Gjennom det såkalla Haga-samarbeidet legg ein til rette for at dei nordiske landa i størst mogleg grad har koordinerte posisjonar for å påverke desse organisasjonane. Eit stadig tettare og meir omfattande arbeid innanfor EUs ordning for sivil beredskap legg til rette for å styrke det nordiske samarbeidet ved å trekkje vekslar på EUs støtte- og finansieringsordningar.

3.6 Nasjonal tryggleik

Nasjonal tryggleik er dei tryggleiksinteressene som er omfatta av den nye tryggingslova.

Det overordna ansvaret for nasjonal tryggleik er delt mellom Justis- og beredskapsdepartementet og Forsvarsdepartementet. Justis- og beredskapsdepartementet har det overordna ansvaret for nasjonal tryggleik på sivil side, og Forsvarsdepartementet har det overordna ansvaret for nasjonal tryggleik i forsvarssektoren. Som ledd i Justis- og beredskapsdepartementet sitt ansvar for nasjonal tryggleik tok departementet over ansvaret for tryggingslova og det administrative ansvaret for oppfølginga av Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) frå Forsvarsdepartementet med verknad frå 3. mai 2019, jf. kgl.res. 3. mai 2019. Dette inneber at Justis- og beredskapsdepartementet har det overordna administrative og budsjettmessige ansvaret for NSM, mens ansvaret for den faglege etatsstyringa er delt mellom Justis- og beredskapsdepartementet og Forsvarsdepartementet. Forsvarsdepartementet har instruksjonsmakt overfor NSM i saker på deira ansvarsområde. NSM varetek utøvande funksjonar for det førebyggjande tryggleiksarbeidet i forsvarssektoren på vegner av Forsvarsdepartementet, og NSM er følgjeleg ei verksemd tilknytt forsvarssektoren.

NSM, Sivil klareringsmyndigheit (SKM) og Politiets tryggingsteneste (PST) er departementets sentrale verksemder i arbeid med nasjonal tryggleik gjennom at dei varetek utøvande funksjonar innan fagområdet. Sjå kapittel 444, 453 og 457 for nærmare omtale av verksemdene.

3.6.1 Ny tryggingslov

Ny lov om nasjonal sikkerhet (tryggingslova) tok til å gjelde 1. januar 2019. Lova har som formål å trygge dei nasjonale tryggleiksinteressene våre gjennom å førebyggje, avdekkje og motverke tryggleikstruande verksemd. Dei nasjonale tryggingsinteressene skal sikrast gjennom å vareta grunnleggjande nasjonale funksjonar (GNF). Slike funksjonar er tenester, produksjon og andre former for verksemd der eit heilt eller delvis bortfall av funksjonen vil få konsekvensar for evna staten har til å vareta dei nasjonale tryggleiksinteressene.

For å verne dei nasjonale tryggleiksinteressene legg regelverket opp til at vi skal verne verdiar i form av informasjon, informasjonssystem, objekt og infrastruktur (skjermingsverdige verdiar) som er vesentlege for å vareta nasjonale tryggleiksinteresser. Departementa skal i medhald av tryggingslova § 2–1 identifisere GNF og gjere vedtak overfor verksemder som har avgjerande innverknad på GNF. I tråd med kgl.res. 20. desember 2018 pkt. 3 bokstav e skal dette gjerast innan rimeleg tid. Kva som er «rimeleg tid» er bl.a. avhengig av storleiken på den aktuelle samfunnssektoren, omfanget av dei skjermingsverdige verdiane, kompleksiteten i verdikjedene og den tryggleiksfaglege kompetansen i departementa.

Justis- og beredskapsdepartementet fastsette GNF i sin eigen sektor 28.01.2019 og vil stadfeste kva for verksemder som har vesentleg eller avgjerande innverknad på GNF, og deretter gjere vedtak om at lova skal gjelde for bestemte verksemder dersom det er nødvendig. Verksemder som er eller blir omfatta av lova, skal utarbeide skadevurderingar med bakgrunn i dei identifiserte GNF. Skadevurderingane vil danne grunnlaget for departementet si utpeiking og klassifisering av eventuelle skjermingsverdige objekt og eventuell skjermingsverdig infrastruktur i sektoren, og for fastsetjing av fristar for gjennomføring av nødvendige sikringstiltak. Justis- og beredskapsdepartementet har gjennomført ein betydeleg del av arbeidet i 2019.

Fram til det er gjort vedtak etter ny lov, gjeld alle vedtak som er gjorde etter den gamle lova. Dette inneber bl.a. at objekt som er klassifiserte etter den gamle tryggingslova, også er klassifiserte etter den ny lova, jf. kgl.res. 20. desember 2018 pkt. 2 bokstav d.

Det er framleis skjermingsverdige objekt i justissektoren som ikkje er sikra i samsvar med ønskt sikringsnivå, og det blir gjort eit vesentleg arbeid for å sikre desse objekta. Enkelte av objekta vil ikkje få ønskt sikringsnivå før dei er lokalisert ein annan stad. Justis- og beredskapsdepartementet har gitt dispensasjonar etter tidlegare forskrift om objektsikkerhet § 4–1 andre ledd, jf. gjeldande forskrift om verksemders arbeid med førebyggande sikkerhet § 20 tredje ledd, for sikring av enkelte skjermingsverdige objekt i politiet til dei blir lokalisert ein annan stad.

3.6.2 Digital tryggleik

Regjeringa har utarbeidd ein ny nasjonal strategi for digital tryggleik. Strategien tek utgangspunkt i Meld. St. 38 (2016–2017) IKT-sikkerhet – Et felles ansvar og har i samsvar med intensjonane i meldinga ei breiare tilnærming enn tidlegare strategiar. Justis- og beredskapsdepartementet og Forsvarsdepartementet har det overordna ansvaret med å følgje opp strategien. Kvart departement er ansvarleg for at prioriteringane i strategien og tiltaksoversikta blir følgde opp på sin sektor. Samstundes utarbeidde Justis- og beredskapsdepartementet og Kunnskapsdepartementet ein strategi for digital tryggleikskompetanse. I samsvar med denne strategien foreslår regjeringa under Kunnskapsdepartementet, ei løyving på 3.9 mill. kroner i 2020 til inntil 18 stillingar innan digital tryggleik under ordninga med offentleg-sektor-phd og nærings-phd.

Utvalet om organisering og regulering av nasjonal IKT-tryggleik (Holte-utvalet) vart oppnemnt 15. desember 2017 og la fram utgreiinga si 3. desember 2018. Mandatet deira var å greie ut behovet for rettslege og organisatoriske endringar på IKT-tryggleiksområdet. Utvalet har fem hovudanbefalingar:

  • ny lov om IKT-tryggleik for samfunnskritiske verksemder og offentleg forvaltning,

  • at det må stillast krav om IKT-tryggleik ved alle offentlege kjøp,

  • nasjonalt IKT- tryggleikssenter,

  • tydelegare regulering av og ansvar for tilkopla produkt og tenester og

  • at Justis- og beredskapsdepartementet må utøve ei tydelegare leiing for nasjonal IKT-tryggleik.

Rapporten frå utvalet har vore på høyring våren 2019. Justis- og beredskapsdepartementet vil gi ein nærmare omtale av status i oppfølginga frå utvalet i ei ny stortingsmelding om samfunnstryggleik.

Den 7. februar 2013 lanserte EU-kommisjonen strategien sin for cybertryggleik: An Open, Safe and Secure Cyberspace. Som eitt av fleire tiltak for å nå måla i strategien lanserte kommisjonen samstundes eit forslag til direktiv om tiltak for eit høgt felles tryggleiksnivå i nettverks- og informasjonssystem i EU (NIS-direktivet). Direktivet vart vedteke i EU 6. juli 2016. Direktivet har som formål å styrke IKT-tryggleiken i EU. Direktivet er førebels ikkje teke inn i EØS-avtalen. Departementet sende 21. desember 2018 eit utkast til lov som gjennomfører direktivet på høyring. Lova skal forplikte verksemder som speler ei særleg viktig rolle i å oppretthalde ein fungerande indre marknad, til å gjennomføre IKT-tryggleikstiltak og varsle om alvorlege hendingar.

3.7 Totalforsvarsprogrammet

Totalforsvarskonseptet omfattar gjensidig støtte og samarbeid mellom sivil og militær side for å førebyggje, planleggje for og handtere kriser, væpna konflikt og krig. Sidan den kalde krigen tok slutt, har merksemda og behovet vore retta mot Forsvarets moglegheit til å hjelpe det sivile samfunnet ved kriser. Grunna tryggingspolitiske endringar og fordi det i lang tid ikkje var høgt prioritert, anerkjende ein for nokre år tilbake eit behov for å fornye og styrke støtta til Forsvaret frå sivile myndigheiter og det sivile samfunnet. Endringar i trussel- og sårbarheitsbiletet dei siste åra har utfordra den sivile og militære beredskapen og krisehandteringsevna og støtta opp under behovet for å jobbe meir med sivil støtte til Forsvaret.

Totalforsvarskonseptet har mykje å seie for Forsvarets evne, som i aukande grad har blitt avhengig av sivil vare- og tenesteproduksjon.

På bakgrunn av dette etablerte regjeringa i 2016 eit program for å vidareutvikle totalforsvaret og styrke motstandsdyktigheita i samfunnskritiske funksjonar. Justis- og beredskapsdepartementet eig programmet, og det er leia av ei styringsgruppe.

Mål for programmet er:

  • å vidareutvikle totalforsvaret slik at det er tilpassa nye utfordringar, rammevilkår og føresetnader

  • å styrke samfunnets evne til motstand innanfor dei samfunnskritiske funksjonane

Innanfor rammene av den første målsetjinga i programmet vart det etablert eit prosjekt for å vidareutvikle støtta til Forsvaret i dei sivile myndigheitene og det sivile samfunnet. Prosjektet omfattar sivil bistand til Forsvarets planarbeid og etablering av planar for sivil støtte til Forsvaret. Samarbeids- og beredskapsorgan skal tilpassast utfordringar i samband med tryggingspolitiske kriser og væpna konflikt. Ein viktig del av prosjektet var også å planleggje for, gjennomføre og koordinere sivil side i den store NATO-øvinga Trident Juncture. Øvinga vart gjennomført hausten 2018 og viste seg totalt sett å vere ein suksess. Tilbakemeldingane frå NATO er at Noreg viste seg som ein profesjonell vertsnasjon med velfungerande vertslandsstøtte. Evalueringane etter øvinga viser bl.a. at ho har bidratt til norsk tryggleik. Dette kjem av auka merksemd om nordområda og at øvinga skapte meir merksemd om NATOs evne til kollektivt forsvar og betydinga av NATOs nordlege region. Både det lokale, det regionale og det sentrale nivået i forvaltninga deltok i øvinga. Evalueringsrapportane gir vidare uttrykk for at øvinga har vitalisert heile totalforsvarsarbeidet, og at ho har vore særlig verdifull for å auke samhandlinga mellom deltakarane i totalforsvaret. Oppfølginga av læringspunkta er starta, og vi meiner at det er viktig at dette arbeidet blir prioritert og følgt opp. Eit av dei prioriterte områda dei kommande åra er involvering av det lokale og det regionale leddet. Øvinga har òg gitt eit godt grunnlag for å vidareutvikle militære og sivile planar, og ho har styrkt det sivil-militære samarbeidet.

Til den andre målsetjinga i programmet er det etablert ni prosjekt for å styrke motstandskrafta i samfunnet. Prosjekta er etablerte med utgangspunkt i NATOs sju grunnleggjande forventningar til medlemslanda. Så langt har programmet bidratt til å skape bevisstheit i departementa og sektorane om kva for ei ansvarsoppgåve som ligg til kven. Programmet har også bidratt til framgang i prosjekta, og totalt sett er Noreg på god veg til å nå dei to målsetjingane for programmet. Særleg øvinga Trident Juncture var ein viktig milestein, og utfordringa framover er å følgje opp læringsfunna frå øvinga.

3.8 Nye redningshelikopter

Justis- og beredskapsdepartementet ved samfunnstryggleiksministeren har fag- og budsjettansvar for den offentlege redningshelikoptertenesta. Det er inngått kontrakt for kjøp av 16 nye redningshelikopter til erstatning for dagens Sea King-redningshelikopter under leiing av Justis- og beredskapsdepartementet og i samarbeid med Forsvarsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet. Forsvarsdepartementet ved forsvarssektoren utdannar, trener og bemannar redningshelikoptera og sørger for vedlikehald på Sea King-maskinene og er i dag totalleverandør av tenesta. Med dei nye helikoptera av typen AW101 vil leverandøren vere ansvarleg for tilgjengelegheita til helikopter på basane. Forsvaret skal i tillegg til å vere operatør utføre lett vedlikehald på helikoptera.

3.9 Leiingsmerksemd og samordning på alle nivå i forvaltninga

3.9.1 Øvingar, planverk og samhandlingsforum

Regjeringa er bevisst kor viktig det er å vere systematisk i samfunnstryggleiksarbeidet og prioriterer dette høgt. Regjeringa har jamlege beredskapskonferansar. Utfordringar i samfunnstryggleiksarbeidet blir sikra nødvendig merksemd på alle nivå i forvaltninga gjennom aktiv bruk av ulike samhandlingsarenaer.

Instruks for departementenes arbeid med samfunnssikkerhet (samfunnstryggleiksinstruksen), som vart fastsett av Justis- og beredskapsdepartementet 1. september 2017, har eit høgt ambisjonsnivå. Det blir gjort eit kontinuerleg arbeid for å sikre god leiing på alle nivå i forvaltninga. For departementa blir det arrangert tilpassa kurs og kompetansehevingstiltak. Øvingar er òg eit verkemiddel som blir nytta aktivt.

Det administrative apparatet for sentral krisehandtering er basert på tre hovudelement: Kriserådet, leiardepartementet og Krisestøtteeininga (KSE). Kriserådet er utvida og har no seks faste medlemmer: Statsministerens kontor, Utanriksdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Forsvarsdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Rådet kan om nødvendig utvidast med alle dei andre departementa.

Hovudfunksjonen til Kriserådet er å bidra til sentral krisehandtering gjennom bl.a. å sikre koordinering av tiltak som blir sette i gang av ulike sektorar, og sjå til at spørsmål som krev politisk avklaring, raskt blir lagde fram for den politiske leiinga i departementa eller for regjeringa.

Kriserådet er eit viktig samordningsorgan som skal bidra til god og koordinert saksframstilling til regjeringa og sikre at aktuelle beredskapssaker får nødvendig merksemd og blir handterte.

Justis- og beredskapsdepartementet er fast leiardepartement ved sivile nasjonale kriser med mindre anna blir bestemt. Leiardepartementet har ansvaret for å koordinere handteringa av kriser på departementsnivå og leiermøta i Kriserådet. Utpeiking av eit leiardepartement medfører ikkje endringar i konstitusjonelle ansvarsforhold.

Krisestøtteeininga er permanent sekretariat for Kriserådet og leverer støtte og rådgiving til leiardepartementet og Kriserådet. Krisestøtteeininga forvaltar det døgnbemanna sivile situasjonssenteret på vegner av Justis- og beredskapsdepartementet. Situasjonssenteret er fast kontaktpunkt for Justis- og beredskapsdepartementet i alle beredskapshendingar og er ansvarleg for varslingar, rapportering og monitorering.

Instruks for departementenes arbeid med samfunnssikkerhet av 1. september 2017 stiller krav til korleis departementa arbeider med samfunnstryggleik. I instruksen står det at

  • planverk for handtering av uønskte hendingar skal utviklast og vedlikehaldas

  • hendingar og øvingar skal evaluerast

Øvingar er eit viktig verkemiddel for å auke kompetansen i krisehandtering og styrke samarbeidet med andre aktørar. I eit stadig meir komplekst samfunn der aktørane blir meir avhengige av kvarandre, er behovet for samvirke større. Øvingar er eit viktig verkemiddel for å styrke samvirket internt i og mellom departement og sektorar.

Justis- og beredskapsdepartementet leier og deltek i fleire forum der øvingar og styrkt samvirke er hovudtema. Øvingsforum for justissektoren og Øvingsforum for departementa blir leidd av Justis- og beredskapsdepartementet. Nasjonalt øvings- og evalueringsforum (NØEF) blir leidd av DSB, og departementa er inviterte.

Beredskapssystem og planverk må vere oppdaterte og godt kjende i organisasjonane som skal nytte dei. Sivilt beredskapssystem (SBS) og Beredskapssystem for forsvarssektoren (BFF) utgjer til saman Nasjonalt beredskapssystem (NBS). NBS er bygd opp etter same struktur som NATOs krisehandteringssystem, av omsyn til samordna oppdatering og bruk. Nasjonalt beredskapssystem blir revidert i takt med endringar i NATOs system, og ved behov. Tiltak for å heve kompetansen blir gjennomførte for å sikre effektiv bruk under hendingar.

Beredskapssystemet er bygd opp slik at etatar og verksemder skal ha underliggjande planverk som skildrar kva den enkelte etaten og verksemda skal gjere, basert på intensjonen i tiltaka i beredskapssystemet. Det enkelte departementet har ansvar for at underliggjande planar blir utarbeidde i eigen sektor. Den siste revisjonen av beredskapssystemet ble ferdigstilt hausten 2019. Revisjonen av det underliggjande planverket er sett i gang.

3.9.2 Samfunnstryggleik på kommunalt og regionalt nivå

Fylkesmannen skal samordne samfunnstryggleiksarbeidet i fylket, vareta rolla som pådrivar og rettleiar i arbeidet med samfunnstryggleik og dessutan skjøtte ansvaret sitt for krisehandtering ved hendingar. Fylkesmannen fører òg tilsyn med at kommunane etterlever den kommunale beredskapsplikta.

Kommuneundersøkinga til DSB for 2019 viser at den positive utviklinga i samfunnstryggleiksarbeidet til kommunane held fram. Undersøkinga viser at mange av kommunane tilfredsstiller krav i lov og forskrift, og det er ei positiv utvikling i det systematiske arbeidet med kommunal beredskapsplikt. Det er samstundes for mange kommunar som ikkje har oppdaterte risikoanalysar og planar for krisehandtering og beredskap. DSB og fylkesmannen skal halde fram med arbeidet med å følgje opp arbeidet med samfunnsstryggleik i kommunane.

Med rettleiaren til forskrift om kommunal beredskapsplikt, som skildrar overbygninga for det tverrsektorielle samfunnstryggleiksarbeidet i kommunen, har DSB no utvikla rettleiarar for heile samfunnstryggleikskjeda og metode for ROS-analyse på alle nivå – nasjonalt, regionalt og lokalt. Alle rettleiarane vil til saman bidra til å setje kommunane i stand til å vareta eit heilskapleg og systematisk samfunnstryggleiksarbeid og gi dei gode verktøy for å vareta arbeidet med bl.a. klimatilpassing, både innan førebygging og innan beredskap.

Det er svært viktig at det regionale og det lokale nivået blir involverte i arbeidet med vidareutvikling av totalforsvaret og styrkt motstandsdyktigheit i samfunnet. Forventingane til handtering i regionar og kommunar ved ei hending som medfører behov for totalforsvaret, vil vere komplekse og krevjande. Derfor er rollene til fylkesmannen og kommunane som samordningsetatar sentrale i dette arbeidet. Arbeidet må halde fram i 2020 bl.a. gjennom oppfølging av erfaringane etter NATO-øvinga Trident Juncture.

For ein meir detaljert omtale av styringssignaler til fylkesmannen, sjå programkategori 13.25 i Prop. 1 S for Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Kap. 451 Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap

(i 1 000 kr)

Post

Betegnelse

Regnskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Driftsutgifter

828 628

760 355

908 219

21

Spesielle driftsutgifter

54 684

7 407

7 606

22

Spesielle driftsutgifter – Nødnett

477 543

45

Større utstyrsanskaffelser og vedlikehold, kan overføres

173 194

70

Overføringer til private

6 498

6 698

6 878

Sum kap. 0451

889 810

774 460

1 573 440

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) støttar Justis- og beredskapsdepartementet i samordningsrolla og er på vegner av departementet fag- og tilsynsorgan på det sivile samfunnstryggleiksområdet, jf. kgl.res. 24. juni 2005. Sivilforsvaret, Nasjonalt utdanningssenter for samfunnstryggleik og beredskap (NUSB) og Noregs brannskule er underlagde DSB. DSB er i tillegg ansvarleg for nød- og beredskapskommunikasjon og statens eigarskap til Nødnett og er nasjonal brann- og eltryggleiksmyndigheit.

Som følgje av at oppgåvene til Direktoratet for nødkommunikasjon (DNK) vart overførte til Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap frå 1. mars 2017, er løyvinga under kap. 456/3456 foreslått flytta til kap. 451/3451 frå 2020.

Sivilforsvaret

Sivilforsvaret er ein del av totalforsvaret og har som primæroppgåve å verne sivilbefolkninga i krig. Sivilforsvaret er verna etter Genèvekonvensjonane. Etaten er òg statens forsterkningsressurs og gir støtte til nød- og beredskapsetatane i heile krisespekteret. Sivilforsvaret driv landsomfattande varslingsteneste, inngår i atomulukkeberedskapen og hjelper til ved katastrofar internasjonalt. Sivilforsvaret er organisert med tjue distrikt og eitt kompetansesenter. Samvirke er eit av grunnprinsippa i norsk samfunnstryggleiksarbeid. Etaten har blitt bygd opp til ein styrke på 8 000 tenestepliktige menn og kvinner.

Stortinget fastset kor lang tenestetida for tenestepliktige i Sivilforsvaret skal vere. Tenestetida skal årleg stadfestast i Prop. 1 S. Justis- og beredskapsdepartementet vidarefører i 2020 dagens nivå. Dette inneber årleg utdanning på inntil fem veker, med maksimalt tre veker samanhengande tenestetid. Årleg øvingstid er på maksimalt fem dagar. Samla tenestetid for ein tenestepliktig kan utgjere totalt 19 md.

Figur 2.18 Innsatsane til Sivilforsvaret fordelte etter hendingar per august 2019

Figur 2.18 Innsatsane til Sivilforsvaret fordelte etter hendingar per august 2019

Kilde: DSB

Sivilforsvaret hjelper til ved mange ulike hendingar. I 2019 har bl.a. Sivilforsvaret bidratt i samband med rasfare ved Lillemannen i Møre og Romsdal og ras i Jølster. Per august 2019 er mange av innsatstimane så langt i år knytte til redningsaksjonen i samband med cruiseskipet «Viking Sky» og skogbrann i Rogaland.

Justis- og beredskapsdepartementet har i 2019 bedt DSB om å utarbeide nærmare konsekvens- og kostnadsanalysar av framtidige val for sivile vernetiltak (varsling, evakuering og tilfluktsrom). Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på ein egna måte om saka.

Branntryggleik og samlokalisering

Regjeringa vil styrke brannutdanninga gjennom å etablere ein ny fagskule for brann- og redningspersonell ved Noregs brannskule i Tjeldsund kommune. Det er behov for ny infrastruktur ved Noregs brannskule før fagskulen kan starte opp. Statsbygg er nå i gang med eit forprosjekt, og arbeidet med ny infrastruktur vil følgje retningslinjene for statlege byggjeprosjekt.

Stortinget slutta seg til forslaget frå Regjeringa om å på ny løyve 13,3 mill. kroner i revidert nasjonalbudsjett for 2019 til gjennomføring av forprosjektet. Dette sikrar at arbeidet med å etablere ny fagskole held fram i 2020. Dette inneber at nøyaktig framdriftsplan og oppstartstidspunkt for ny fagskule enno ikkje kan tidfestast.

Samlokalisering av nødmeldings- og operasjonssentralane til politiet og brannvesenet er ein del av politireforma og er viktig for effektiv samhandling og rask hjelp. Sentralane skal samlokaliserast vegg-i-vegg, og den akuttmedisinske tenesta i helsevesenet kan samlokaliserast på eit seinare tidspunkt. Samlokalisering av politiets operasjonssentralar og brann- og redningsvesenets 110-sentraler er gjennomført i politidistrikta Innlandet, Møre og Romsdal, Øst og Sør-Øst. Samlokalisering av politiets operasjonssentral, brann- og redningsvesenets 110-sentral, og AMK-sentralen er gjennomført i Nordland politidistrikt. Erfaringane frå dei samlokaliserte sentralane er positive. Nødetatane drar nytte av å vere nær kvarandre og av å kunne dele kunnskap og informasjon ved både små og store hendingar.

En arbeider også med å leggje til rette for samlokalisering av de restarande sentralane, mellom anna i Troms og Finnmark politidistrikt.

Oppdragshandteringsverktøy i dei kommunale 110-sentralane må skiftast ut. DSB hjelper kommunane ved innkjøp av oppdragshandteringsverktøy for å oppnå effektivt samvirke, god nok tryggleik og tidsriktig system.

Skogbrannberedskap

Førebygging og handtering av skogbrann er eit kommunalt ansvar. Viktige statlege ressursar for å forsterke dette arbeidet er Sivilforsvaret og skogbrannhelikopter. Statens skogbrannhelikopter er i fast beredskap frå 15. april til 15. august. DSB har det administrative ansvaret for ordninga, mens hovudredningssentralane koordinerer sjølve bruken av skogbrannhelikoptera. DSB har ansvar for å sikre at det er beredskap med skogbrannhelikopter, at han er mest mogleg tilpassa den eksisterande faresituasjonen, og at ein har løpande oversikt over bruken av denne ressursen.

Skogbrannhelikopteret er normalt plassert på Torp i beredskapsperioden. Dersom skogbrannfaren er høg i andre delar av landet, kan helikopteret vere stasjonert på andre basar. I periodar med stor fare og skogbrannaktivitet set DSB fleire helikopter i beredskap om det er behov for dette, og så framt det er helikopter tilgjengeleg. Kva basar som er aktuelle, blir då bestemt basert på lokale og regionale behov.

DSB har avtale med selskapet Helitrans AS om beredskap med helikopter til skogbrannsløkking. Kontrakten vart inngått vinteren 2017/2018 og gir moglegheit for å kunne setje inn fleire helikopter i beredskap og innsats når skogbrannfaren er stor. Selskapet stiller gjennom kontrakten alle ressursane sine til rådvelde om det er behov for det, og i tillegg kan dei leige inn helikopter frå andre selskap. Skogbrannsløkketeneste med helikopter krev kunnskap og kompetanse hos pilotar og mannskap. I tillegg er det viktig med tryggleik for både helikoptermannskapet og brannmannskapet på bakken. DSB har i tillegg inngått ein avtale om leiarstøtte for handtering av skogbrannar, som følgjer skogbrannhelikopteret. Personell frå fleire brann- og redningsvesen inngår i vaktordninga og er støtte og rådgivarar for lokal brannsjef, piloten på skogbrannhelikopteret og DSB.

Sommaren 2018 var svært krevjande. Talet på gras- og skogbrannar var det høgaste i moderne tid. Mot slutten av året hadde DSB registrert over 2 000 gras- og skogbrannar, noko som sette den samla norske beredskapen på store prøver. DSB har publisert ein rapport, der direktoratet summerer opp dei erfaringane eit stort tal aktørar gjorde i løpet av skogbrannsesongen 2018. Formålet med dette arbeidet er å identifisere læringspunkt som kan bidra til å styrke både det førebyggjande arbeidet med denne type brannar og beredskapen rundt omkring i landet. Sesongen 2019 har vore roligare enn 2018-sesongen, men det har vore mange brannar i gress- og skogmark. Handteringa av brannar i Sokndal og Vest-Agder har vore mest omfattande. I tillegg har områda frå Trøndelag og nordover hatt høgare beredskap enn ordinært på grunn av lange periodar med tørke.

Nødnett

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) er ansvarleg for nød- og beredskaps-kommunikasjon og for statens eigarskap til Nødnett.

Nødnett er det landsdekkande nettet for nød- og beredskapskommunikasjon i Noreg. Nettet gir nød- og beredskapsetatar tilgang til avlyttingssikra og effektiv kommunikasjon i grupper.

Nødnett vart bygd ut og teke i bruk i heile landet i 2015, i tråd med planen, jf. Innst. 371 S (2010–2011). Nødnett er ein av berebjelkane i Noregs beredskap. Dei som bruker Nødnett, reddar liv, vernar verdiar og gjer samfunnet tryggare. Dei er avhengige av at Nødnett verkar i det daglege og ved kriser. Det er DSBs oppgåve å levere nødnettenesta til brukarane og sørge for at dei har eit godt system til kommunikasjon. Dette inneber at DSB må følgje opp at leverandøren leverer drift og vedlikehald av infrastrukturen i tråd med kontrakten. Statens kontrakt med leverandøren varer til 2026.

Tabell 2.14 Sentral drifts- og bruksinformasjon om Nødnett

Nøkkeltal

Mai 2013

Juni 2014

Juni 2015

Juni 2016

Juni 2017

Juni 2018

Juni 2019

Tal på basestasjonar i drift1

255

817

1 933

2 192

2 205

2 214

2 214

Tal på radioar som er aktiverte for bruk

9 277

21 057

45 574

51 263

53 660

56 396

62 199

Nødnett tilgjengeleg

99,98 pst.

99,96 pst.

99,99 pst.

99,86 pst.

99,92 pst.

99,90 pst.

99,94 pst.

Tal på samtalar i Nødnett

560 425

707 011

1 316 785

1 498 000

1 491 621

1 382 843

1 601 520

Tal på brukarorganisasjonar

130

263

548

829

939

965

994

1 Det kan være fleire basestasjonar på kvar installasjon.

Kilde: DSB

Nødnett har ein berekna dekningsgrad på 86 pst. av landarealet og nær 100 pst. av befolkninga. Dette er i tråd med Stortingets forventning, jf. Innst. 371 S (2010–2011). Det følgjer av Prop. 100 S (2010–2011), jf. Innst. 371 S (2010–2011), at brukarane skal betale for drift av infrastruktur gjennom ei abonnementsordning og for utgifter knytte til brukarutstyr, inkludert kjøp av nytt utstyr.

Tettare og meir effektivt samvirke mellom nød- og beredskapsetatar og dermed betre hjelp til befolkninga er den største gevinsten ved å bruke Nødnett. DSB skal bidra til å oppretthalde og vidareutvikle samvirket og effektivitetsgevinstane ein har oppnådd i Nødnett. Koordinert utvikling av brukarutstyr skal varetakast av DSB, og fellesfunksjonen skal betalast av nødetatane.

Staten, ved DSB, eig og forvaltar infrastrukturen i Nødnett. Nødetatane og frivillige organisasjonar har fått dekt førstegongsinvestering i brukarutstyr (kommunikasjonssentralløysingar og radioterminalar) gjennom nødnettprosjektet. Finansiering av og reinvestering i brukarutstyret er brukarane sitt ansvar. For nødetatane er eigarskapet til utstyret organisert gjennom Helsetenestas driftsorganisasjon for Nødnett HF (HDO HF), Politidirektoratet (POD) og DSB. Dei frivillige organisasjonane og andre brukarar eig sitt eige utstyr. I samband med utbygginga av Nødnett vart det òg løyvd statlege midlar til, og kjøpt inn, eit nytt felles verktøy for oppdragshandtering til den kommunale brann- og redningstenesta over heile landet (110-sentralane) sjølv om kommunane prinsipielt sett er ansvarlege for utrusting av nødmeldingssentralane og sitt eige fagsystem. DSB er fagansvarleg for brannområdet og leverandør av nødnettenesta og må involverast når kommunane treng nye fagsystem som skal verke saman med Nødnett og understøtte samvirket mellom nødetatane.

Dei tre nødetatane er kjernebrukarane i Nødnett, men Stortinget har lagt til grunn at Nødnett òg skal brukast av andre beredskapsaktørar, jf. Innst. 371 S (2010–2011). Det er om lag 62 000 radioterminalar aktiverte for bruk i Nødnett i heile landet. Brei bruk av Nødnett gir høgare samfunnstryggleik og beredskap i heile landet gjennom styrkt samvirke.

Noreg, Sverige og Finland er dei første landa i verda som har laga bru mellom dei nasjonale nødnetta. Nødnett vart kopla saman med svenske Rakel i 2017 og med finske Virve i 2018. Samankoplingane gjer det mogleg for nødetatane i dei ulike landa å kommunisere når dei hjelper kvarandre i handteringa av ulukker og hendingar. Under Barents Rescue hausten 2019 vil ein øve på situasjonar der innsatspersonell frå alle dei tre landa samverkar ved bruk av dei samankopla netta.

Gjennom samarbeid med fleire el-selskap har utvalde Nødnett-basestasjonar fått meir nødstraum. Samarbeidet kjem alle brukarane til gode ved at Nødnett blir meir robust.

Det er viktig å oppretthalde god forvaltning av investeringa som er gjord i Nødnett, slik at infrastruktur, utstyr, kompetanse og høve for ytterlegare samhandling og koordinering ikkje forvitrar. DSB vil vidareutvikle gevinstane som er oppnådde gjennom innføringa av Nødnett. Rett bruk vil sørge for at kapasiteten i Nødnett blir utnytta best mogleg, og at samhandlinga mellom brukarane blir effektiv. DSB samarbeider derfor tett med brukarane om opplæring, øvingar og bruk av Nødnett.

Klimaendringar kan føre til at ein må skjerpe krava til robustheit i system som Nødnett om ein skal kunne halde tilgjengelegheita på same nivå. Stigande nedbørsmengder vil auke faren for flaum og skred. Ein kan heller ikkje sjå bort frå at det oppstår hyppigare og lengre periodar med svikt i kraftforsyninga, som vil krevje betre tilgang på nødstraum.

Dekninga i Nødnett er god. Erfaringar viser likevel at dekninga blir opplevd som mangelfull i enkelte område. Behov for dekning vil òg endre seg i takt med endra føresetnader for brukarane og i samfunnet generelt.

DSB eig, driftar og forvaltar brukarutstyret til det kommunale brann- og redningsvesenet som er knytt til Nødnett. Oppgåva blir finansiert av dei kommunale brukarane. Det er nødvendig med ei oppgradering av kontrollromsutstyr i brann- og redningsvesenet for å sikre både god nok tryggleik og eit tidsriktig system.

Høgare krav til tryggleik og utfordringar knytte til gjensidige avhengnader, digitale sårbarheiter og endra truslar treffer Nødnett slik som det treffer annan kritisk infrastruktur og andre tenester.

Etter tilsyn frå Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) i 2017 vart det avdekt avvik frå tryggingslova i Nødnett. DSB arbeidar med å lukke avvika. Justis- og beredskapsdepartementet følgjer opp saka i styringa av DSB. Regjeringa vidarefører arbeidet med forsterka sikring av skjermingsverdige objekt i Nødnett i 2020.

Det er størst behov for fleire midlar til tryggleikstiltak og logisk sikring i nødnettsystemet og til styrkt evne til å førebyggje, oppdage og handtere tryggleikshendingar. Regjeringa foreslår å løyve 40 mill. kroner til slike tiltak.

Teknologiutvikling og utvikling i trusselbiletet gjer at behovet for sikre og robuste mobile kommunikasjonsløysingar for nød- og beredskapsaktørar vil vekse i åra som kjem, både når det gjeld tale, og når det gjeld data. TETRA-teknologien Nødnett byggjer på, vil i åra framover vere det primære verktøyet for kritisk talekommunikasjon, både i Noreg og i mange andre land i Europa. Datakapasiteten i Nødnett er avgrensa. Derfor er det viktig med samspel mellom Nødnett og kommersielle nett for å dekke behovet aktørane har for meir datakapasitet.

I framtida vil nødnettenesta vere basert på breibandsteknologi og infrastrukturen i dei kommersielle mobilnetta. Dei særlege behova nød- og beredskapsetatane har for løysingar med høg grad av tryggleik og robustheit, vil krevje involvering, ressursar, investeringar og kompetanse frå statleg side.

Staten har kontrakt om drift av dagens Nødnett t.o.m. 2026, med ein garanti for at nettet kan driftast vidare i ytterlegare fem år. Behovet nød- og beredskapsaktørane har for kommunikasjonsverktøy dei kan stole på i alle samanhengar, og for data, vil krevje nye løysingar. Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit og DSB har fått i oppdrag frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet å gjennomføre ei konseptvalutgreiing (KVU) for å vurdere korleis ei framtidig løysing i kommersielle mobilnett kan og bør realiserast, og å sjå på overgang frå dagens Nødnett. IKT-tryggleiksomsyn som integritet, konfidensialitet, tilgjengelegheit og særskild funksjonalitet er viktige i vurderingane som blir gjorde.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten skal dekke alle ordinære driftsutgifter og investeringar for DSB med underliggjande driftseiningar, medrekna Sivilforsvaret, skular og regionkontor. Bemanninga utgjorde 582 årsverk per 31. desember 2018. Mengda årsverk omfattar ikkje dei tenestepliktige styrkane til Sivilforsvaret. Større nyskaffingar m.m. blir rekna som driftsrelaterte kostnader og blir dekte under posten.

DSB skal òg dekke kostnadene knytte til auka ambisjonsnivå i samordningsmekanismen til EU, jf. Prop. 93 S (2013–2014), innanfor den foreslåtte løyvinga.

Løyvinga på posten dekker vidare kostnader knytte til drift av DSBs avdeling for nød- og beredskapskommunikasjon (NBK), inkludert DSBs driftsorganisasjon for støtte og drift av kommunikasjonssentralane og radioterminalane til brann- og redningsvesenet og andre brukarar (BTS/BDO). Løyvinga dekker òg utgifter til ein fellesfunksjon for å forvalte utstyret som er knytt til Nødnett.

Det blir foreslått å auke løyvinga med 15,6 mill. kroner i samband med auka kontingent for deltaking i EUs ordning for sivilberedskap (rescEU).

Det blir foreslått å løyve 1,1 mill. kroner til igangsetting av ei utgreiing av system for mobilbasert befolkningsvarsling.

Det blir foreslått å auke løyvinga med 4,5 mill. kroner i samband med auka refusjonar for administrative tenester frå Valgdirektoratet, mot tilsvarande auka inntekter under kap. 3451, post 06.

Det blir foreslått å redusere løyvinga med 7,3 mill. kroner i samband med oppretting og avgrensing av fellesfunksjonen for å forvalte utstyret som er knytt til Nødnett, mot tilsvarande auka inntekter under kap. 3451, post 02.

Det blir foreslått å redusere løyvinga med 1,3 mill. kroner i samband med at forvaltningsansvaret for produktregelverket for elektromedisinsk utstyr skal overførast til Helse og omsorgsdepartementet.

Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 451, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3451, post 03 og post 06, jf. forslag til vedtak. Det blir vidare foreslått at posten kan overskridast med inntil 75 pst. av inntektene under kap. 3451, post 40, jf. forslag til vedtak.

Det foreslås ei samla løyving på poster på 908,2 mill. kroner

Post 21 Spesielle driftsutgifter

DSB administrerer skogbrannhelikopterberedskapen i Noreg. Løyvinga på posten dekker kostnadene til flytimar. Faste utgifter i denne beredskapen inngår som ein del av løyvinga under kap. 451, post 01. Vidare dekker posten forskingsaktivitetar som er avtalte mellom DSB og SP Fire Research AS.

Stortinget samtykker i at Justis- og beredskapsdepartementet i 2020 kan overskride løyvinga under kap. 451 Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, post 21 Spesielle driftsutgifter med inntil 50 mill. kroner dersom det oppstår ein situasjon med ekstraordinært mange skogbrannar som gjer det nødvendig med innsats for sløkking og beredskap utover det ein må rekne med i eit normalår, utan opphald og før Kongen kan gi slikt samtykke, jf. forslag til vedtak.

Post 22 Spesielle driftsutgifter – Nødnett

Løyvinga på posten dekker kostnader til drift av sentral infrastruktur i Nødnett. Det omfattar kostnader til leige av datalinjer og plassering av nytt utstyr i eksisterande basestasjonar og kostnader til betaling av leverandør for drift og vedlikehald av basestasjonar, kjernenett og andre sentrale nettverkskomponentar som brukarar i Nødnett kan ha nytte av. Abonnementsavgifta blir fakturert kundane i Nødnett, og inntektene blir førte på kap. 3456, post 01 Abonnementsinntekter.

Løyvinga dekker driftsutgifter for tenester og produkt som brukarane blir tilbodne gjennom DSBs avtalar med leverandørar i Nødnett. Dette omfattar linjeleige og drift av kommunikasjonssentralutstyr. Brukarane betaler desse utgiftene i form av refusjonar til DSB. Løyvinga dekker vidare drift og vedlikehald av nettverkskomponentar som blir bestilte og betalte av den enkelte brukaren. Investerings- og anskaffingskostnaden blir ført på kap. 456, post 45 og refundert på kap. 3456, post 04.

Det blir foreslått å auke løyvinga med 3,6 mill. kroner til arbeidet med tryggleik i nødnettet.

Det blir foreslått å redusere løyvinga med 1,6 mill. kroner mot tilsvarande reduserte inntekter over kap. 3451, post 05, som følgje av redusert internfakturering for abonnementsutgifter i tilknyting til Nødnett for Sivilforsvaret og Noregs brannskule.

Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2019 får fullmakt til å kunne overskride løyvinga på kap. 451, post 22, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3451, post 03, jf. forslag til vedtak.

Post 45 Større utstyrsanskaffelser og vedlikehold, kan overføres

Løyvinga dekker kostnader for tilleggskjøp av utstyr og funksjonalitet som brukarane bestiller og kjøper gjennom DNKs avtalar med leverandørar av Nødnett. Desse kostnadene blir dekte inn av refusjonar på kap. 3456, post 04. Løyvinga dekker òg meirverdiavgift i samband med overføring av eigarskap for utstyr i Nødnett frå DNK til brukarmiljøa i etatane.

Det blir foreslått å auke løyvinga med 36,4 mill. kroner til arbeidet med tryggleik i nødnettet.

Det blir foreslått å auke løyvinga med 63,2 mill. kroner mot tilsvarande auka inntekter over kap. 3451, post 04, til kjøp på vegner av Nødnett-brukarar.

Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2019 får fullmakt til å kunne overskride løyvinga på kap. 451, post 45, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3451, post 04, jf. forslag til vedtak.

Post 70 Overføringer til private

Løyvinga på posten skal dekke tilskot til standardiseringsarbeidet på el-området i Noreg, som blir behandla av Norsk Elektroteknisk Komite. Vidare dekker posten tilskot til Norges sivilforsvarsforbund og tilskot til Norsk brannvernforenings førebyggjande arbeid retta mot bustadbrannar.

Kap. 3451 Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap

(i 1 000 kr)

Post

Betegnelse

Regnskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Gebyr

146 896

150 472

154 511

02

Refusjoner driftsutgifter Nødnett

33 183

03

Diverse inntekter

30 661

26 750

27 468

04

Refusjoner større utstyrsanskaffelser og vedlikehold – Nødnett

73 155

05

Abonnementsinntekter og refusjoner Nødnett

455 876

06

Refusjoner

41 446

2 236

6 808

40

Salg av eiendom

18 165

Sum kap. 3451

237 168

179 458

751 001

Post 01 Gebyr

DSB krev inn avgift til å dekke utgifter for tilsyn retta mot risikofylt verksemd. Avgift blir kravd for førsteleddsomsetning av petroleumsprodukt og løysemiddel, for ilandføring av petroleumsprodukt i røyrleidning frå sjøområde og for førsteleddsomsetning av sprengstoff og krut. Inntektene er avhengige av omsetnings- og/eller produksjonsnivået frå føregåande år. Det blir vidare kravd inn avgift for tilsyn med elektriske anlegg på land, i skip og på flyttbare offshoreinstallasjonar og for tilsyn med elektromedisinsk utstyr ved somatiske sjukehus.

Post 02 Refusjoner driftsutgifter Nødnett

Løyvinga dekker refusjonar til DSB for enkelte driftskostnader til direktoratet, som skal finansierast av brukarbetalingsordninga. Døme på dette er tilskot gjennom deltaking i EU-program, deltakaravgift i samband med arrangement m.m. Løyvinga dekker vidare betaling til DSBs driftsorganisasjon (BTS/BDO) for støtte og drift av kommunikasjonssentralar og radioterminalar til brukarane. I tillegg omfattar løyvinga betaling frå nødetatane for fellesfunksjonen som skal forvalte utstyr på kommunikasjonssentralane og radioterminalar som er knytte til Nødnett. Dei frivillige organisasjonane i redningstenesta som brukar Nødnett, er ikkje omfatta av dette. Delen deira skal finansierast over driftsløyvinga til direktoratet.

Det blir foreslått å redusere løyvinga med 7,3 mill. kroner i samband med oppretting av fellesfunksjonen for å forvalte utstyret som er knytt til Nødnett, mot tilsvarande auka inntekter under kap. 451, post 01.

Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2019 får fullmakt til å kunne overskride løyvinga på kap. 451, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3451, post 02, jf. forslag til vedtak.

Post 03 Diverse inntekter

Løyvinga på posten består av inntekter i samband med kursverksemd ved Noregs brannskule, utleige av Sivilforsvarets anlegg, og sal og bortleige av kursplassar og læremateriell m.m. ved skulane. Delar av inntektene kjem frå utnytting av ledig kapasitet ved Sivilforsvarets beredskaps- og kompetansesenter og anlegg.

Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 451, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3451, post 03, jf. forslag til vedtak.

Post 04 Refusjoner større utstyrsanskaffelser og vedlikehold

Løyvinga omfattar refusjonar frå brukarar for investeringar og kjøp som brukarane bestiller gjennom DSBs avtaler med leverandørar av Nødnett. Utgiftene blir førte på kap. 456, post 45, og DSB fakturerer kundane for dette.

Det blir foreslått å auke løyvinga med 63,2 mill. kroner mot tilsvarande auka inntekter over kap. 451, post 45, til kjøp på vegner av Nødnett-brukarar.

Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2019 får fullmakt til å kunne overskride løyvinga på kap. 451, post 45, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3451, post 04, jf. forslag til vedtak.

Post 05 Abonnementsinntekter og refusjoner

Løyvinga omfattar DSBs inntekter frå abonnementsordninga i Nødnett. Stortinget har i Budsjett-innst. S nr. 4 (2004–2005), Innst. S. nr. 104 (2006–2007) og Innst. 371 S (2010–2011) slutta seg til at brukarane skal dekke driftsutgiftene etter kvart som Nødnett blir bygd ut og teke i bruk, og at utgiftene skal dekkast innanfor budsjettrammene etatane har på gjeldande tidspunkt. Forventa brukarbetaling er basert på prinsippa for brukarbetaling som vart gjorde greie for i St.prp. nr. 30 (2006–2007), Prop. 30 (2006–2007) og Prop. 100 S (2010–2011), og på at fleire tek nettet i bruk.

Løyvinga dekker refusjonar for tenester og produkt kundar av Nødnett blir tilbodne utover abonnementsordninga i Nødnett. Det inneber refusjonar for linjeleige til og drift av kommunikasjonssentralutstyr og til refusjonar for drift og vedlikehald av nettverkskomponentar som blir bestilte og betalte av enkeltbrukarar. Vidare vil det i samband med utbygginga kunne komme utgifter for DNK som skal refunderast av leverandøren. Omfanget av desse refusjonane varierer.

Det blir foreslått å redusere løyvinga med 1,6 mill. kroner mot tilsvarande reduserte inntekter over kap. 451, post 22, som følgje av redusert internfakturering for abonnementsutgifter i tilknyting til Nødnett for Sivilforsvaret og Noregs brannskule.

Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2019 får fullmakt til å kunne overskride løyvinga på kap. 451, post 22, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3451, post 03, jf. forslag til vedtak.

Post 06 Refusjoner

Løyvinga på posten består av variable inntekter og refusjonar frå andre verksemder m.m.

Det blir foreslått å auke løyvinga med 4,5 mill. kroner i samband med auka refusjonar for administrative tenester frå Valgdirektoratet, mot tilsvarande auka inntekter under kap 451, post 01.

Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 451, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3451, post 06, jf. forslag til vedtak.

Post 40 Salg av eiendom

Etter omorganiseringa i Sivilforsvaret har det vore eit kontinuerleg arbeid med å avhende sivilforsvarsanlegg. Erfaringane viser at det er vanskeleg å avhende ein del av desse anlegga i den opne marknaden. Det blir derfor foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2020 får fullmakt til å overdra sivilforsvarsanlegg til ein verdi av inntil 100 000 kroner vederlagsfritt, eller til underpris når det er særlege grunnar til det, jf. forslag til vedtak.

I samband med avhending og stenging av sivilforsvarsanlegg blir det vidare foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2020 får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 451, post 01, med inntil 75 pst. av inntektene under denne posten, jf. forslag til vedtak. Ved ev. sal i 2020 ønskjer departementet å nettobudsjettere salskostnadene ved sal av faste eigedommar. Det kan vere tilfelle der kostnader til rydding og sikring er større enn salsinntektene og det vil vere ein nettokostnad å avhende anlegget.

Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2020 får fullmakt til å trekkje salskostnader ved sal av faste eigedommar frå salsinntektene før det overskytande beløpet blir inntektsført under kap. 3451, post 40, jf. forslag til vedtak.

Kap. 452 Sentral krisehåndtering

(i 1 000 kr)

Post

Betegnelse

Regnskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Driftsutgifter

26 061

26 398

26 849

Sum kap. 0452

26 061

26 398

26 849

Krisestøtteeininga (KSE) i Justis- og beredskapsdepartementet skal støtte leiardepartementet og Kriserådet i koordineringsfunksjonane deira og er permanent sekretariat for Kriserådet. KSE er forankra organisatorisk i Justis- og beredskapsdepartementet og understøttar òg Justis- og beredskapsdepartementets samordningsrolle på samfunnstryggleiksområdet. KSE er fast kontaktpunkt for informasjon til og frå Justis- og beredskapsdepartementet ved ekstraordinære hendingar og kriser. KSE har ansvar for det sivile situasjonssenteret til departementet, som er døgnbemanna som del av regjeringas satsing på samfunnstryggleik. Situasjonssenteret bidrar til at tidskritisk varsling og rapportering blir utført til kvar tid.

Justis- og beredskapsdepartementet er fast leiardepartement ved sivile nasjonale kriser med mindre noko anna blir bestemt. At departementet har samordningsansvar og ansvar for hovudtyngda av dei sivile rednings- og beredskapsressursane i Noreg, gjer at Justis- og beredskapsdepartementet i dei fleste sektorovergripande nasjonale kriser vil spele ei nasjonal rolle.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten skal dekke lønns- og driftsutgifter ved KSE, medrekna husleige, vidareutvikling av og vedlikehaldskostnader for teknisk infrastruktur. Løyvinga på posten skal i tillegg dekke utgiftene eininga har i samband med sentral krisehandtering, medrekna døgnkontinuerlig situasjons- og medieovervaking. Løyvinga skal òg dekke KSEs utgifter som sekretariat for Kriserådet. Løyvinga skal dekke drifta av det sivile situasjonssenteret og drifta av avgjerds- og loggføringsverktøyet KSE-CIM på ugradert og gradert plattform.

Kap. 453 Sivil klareringsmyndighet

(i 1 000 kr)

Post

Betegnelse

Regnskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Driftsutgifter

28 750

31 927

32 527

Sum kap. 0453

28 750

31 927

32 527

Sivil klareringsmyndigheit (SKM) vart etablert i 2018 som den sentrale myndigheita for tryggleiksklarering på sivil side, og har som primæroppgåve å vurdere saker om tryggleiksklarering. SKM byrja gradvis å overta saker om tryggleiksklarering frå klareringsmyndigheiter som var under avvikling, frå 1. april 2018. Saksporteføljen frå dei siste klareringsmyndigheitene vart overført frå 1. januar 2019. Saksporteføljen har derfor gradvis vakse gjennom 2018 og inn i 2019. SKM har hatt ei gjennomsnittleg god saksbehandlingstid i 2018 og 2019 i samsvar med Justis- og beredskapsdepartementet sitt oppdrag og føringar. SKM har fått ein auke i oppdragsmengda som følgje av ny tryggingslov. Den varige endringa er usikker og departementet følgjer utviklinga nøye, men kan ikkje utelukke restansar og auka sakshandsamingstid som følgje av at det nye regelverket er satt i kraft.

SKM bidrar til å redusere sårbarheita til dei nasjonale tryggleiksinteressene våre gjennom førebyggjande personelltryggleikstiltak. Tenesta fungerer på tvers av sivil sektor, og SKM er derfor eit tverrsektorielt instrument for å samordne personelltryggleiksarbeidet i sivil sektor.

SKM skal levere riktige klareringsavgjerder basert på høg fagleg kompetanse og med effektiv saksbehandlingstid. Klareringsavgjerdene skal bidra til å beskytte informasjon som er viktig for nasjonale tryggleiksinteresser, gjennom å redusere risikoen for at verksemder som er omfatta av tryggingslova, har innsidarar. Ein innsidar er ein person med legitim tilgang til verksemda, system, informasjon og prosessar, og som kan utnytte denne tilgangen til tryggleikstruande verksemd. Innsidarar vil kunne ha eit breitt spekter av angrepsmål, gjennom moglegheitene til å komme i særleg posisjon til å påverke avgjerder, innhente sensitiv informasjon, gi feilaktig informasjon eller valde skade og øydelegging som kan tene målsetjingane til den opphavlege oppdragsgivaren. Etterretnings- og tryggingstenestene har i fleire år peika på innsidetrusselen som ei utfordring. Innsidetrusselen er høgst reell, også i Noreg. Eksternt retta, og ofte kostbare tryggleikstiltak har liten effekt på ein innsidar. Ein innsidar kan dermed valde store skadar. Særleg store konsekvensar vil kunne oppstå om ein lukkast med å plassere infiltratørar eller verve personell som alt er på plass i verksemda.

God personelltryggleik er i mange tilfelle ein føresetnad for at andre sikringstiltak skal fungere etter intensjonen.

Erfaringane så langt frå SKM seier at strukturendringane var nødvendige og bidrar til betre likebehandling og betre evne til å vurdere komplekse saker. SKM opplever at kjennskapen til personelltryggleiksfaget er låg blant verksemdene, og at det derfor er behov for meir rettleiing og kommunikasjon med verksemdene, bl.a. betre opplæring av autorisasjonsansvarlege i spørjande verksemder.

SKM har eit aktivt samarbeid med andre klareringsmyndigheter og NSM som fagmyndigheit på området.

Klareringsprosessen er prega av manuelle og papirbaserte løysningar. Det er stort behov for digitalisering for å betra kvalitet og effektivitet på prosessen. Se kap. 457 for nærmare omtale av digitalisering av klareringsprosessen.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten dekker kostnader til drift av den nye sivile klareringsmyndigheita, medrekna bl.a. lønns- og andre personalkostnader i tillegg til kostnader til leige av lokale i Moss og drift av IKT-løysingar.

Kap. 454 Redningshelikoptertjenesten

(i 1 000 kr)

Post

Betegnelse

Regnskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Driftsutgifter

619 139

690 652

700 023

45

Større utstyrsanskaffelser og vedlikehold, kan overføres

1 567 832

3 094 510

2 315 361

Sum kap. 0454

2 186 971

3 785 162

3 015 384

Regjeringa signerte i desember 2013 kontrakt med AgustaWestland (no Leonardo SPA) om levering av 16 nye redningshelikopter med opsjon på ytterlegare seks helikopter av typen AW101. Avtalen omfattar tilhøyrande reservedelar og utstyr pluss opplæring og hjelpemiddel til trening. Stortinget vedtok i juni 2015 ei redusert kostnadsramme for kjøpet, jf. Prop. 101 S (2014–2015) Endringer i statsbudsjettet 2015 under Justis- og beredskapsdepartementet (redusert kostnadsramme for anskaffelse av nye redningshelikoptre mv.) og Innst. 267 S (2014–2015).

Dei nye helikoptera vil ha langt betre rekkjevidd, større fart og betre evne til å operere i dårleg vêr enn dagens Sea King-helikopter. Dei nye redningshelikoptera vil gi meir tryggleik for folk på sjøen, langs kysten og i avsidesliggjande område over heile landet. Fleire av helikoptera har komme til Noreg. Tidspunktet for når den første redningshelikopterbasen blir sett i drift, har over ei lengre tid vore usikkert. Utfordringar knytte til arbeidet med utvikling og godkjenning av dei nye redningshelikoptera frå leverandøren si side, med konsekvensar for programmet for innføring i Forsvaret, har ført til at arbeidet har blitt forseinka. Det har gått for seg eit planleggingsarbeid mellom Forsvarsdepartementet ved forsvarssektoren, som er ein sentral premissleverandør i arbeidet med innkjøpet av nye redningshelikopter, og Justis- og beredskapsdepartementet ved NAWSARH-prosjektet (Norwegian All Weather Search And Rescue Helicopter). Det tas sikte på å sette dei første helikoptera i drift første halvår 2020. Alle dei nye redningshelikoptera er planlagt å vere i drift i løpet av første halvår 2022.

Nye redningshelikopter gir behov for bygningsmessige tilpassingar på redningshelikopterbasane og utbetringar av landingsplassane ved sjukehusa som dagens redningshelikopter bruker. Dei nye helikoptera skal kunne lande ved dei aktuelle sjukehusa, ev. andre stader etter avtale med helseføretaka, i tråd med planen for innfasinga for helikoptera. Dei nye og moderne basane på flystasjonane på Ørland, Banak og Sola er allereie oppførte og tekne i bruk. Arbeidet med å få på plass nye bygningar på redningshelikopterbasen på Rygge er sett i gang. Tilpassingar på basane i Bodø og Florø er framleis til vurdering.

Leverandøren av dei nye redningshelikoptera var i 2010 sett i samband med ei mogleg korrupsjonssak knytt til leveranse av helikopter til indiske styresmakter. Saka har vore behandla i fleire instansar i det italienske rettssystemet, og dei to tidlegare leiarane er i siste og endelege domstolsbehandling frikjende for korrupsjon. Indiske styresmakter følgjer fortsatt opp saka i India og det er ikkje klart når tid den vil bli avslutta eller kva utfallet vil bli. Departementet følgjer opp arbeidet til leverandøren knytt til intern kontroll og tek dette jamleg opp i møte som blir haldne med leverandøren.

Justis- og beredskapsdepartementet har gått til innkjøp av mellombels sivil redningshelikopterkapasitet på Florø-basen, som starta opp i 2017. Dette vart gjort for at Forsvaret skal kunne frigjere ressursar til å kunne handtere programmet for innføring av nye helikopter.

Den høge alderen på Sea King-maskinene gir behov for meir vedlikehald og skaper ein utfordrande driftssituasjon. Eit program for vedlikehald av dagens Sea King-helikopterflåte er framleis i gang, for å sikre forsvarleg beredskap og drift fram til dei nye redningshelikoptera er på plass. Sea King utgjer framleis ein god redningshelikopterberedskap, og det blir lagt opp til at denne skal utgjere hovudkapasiteten fram til dei nye redningshelikoptera er på plass.

Forsvaret har svært god kompetanse på å operere Sea King-helikopter. Denne erfaringa har dei bygd opp gjennom meir enn 45 år. Det vil ta noko tid å komme opp på eit tilsvarande nivå når dei nye redningshelikoptera blir sette i drift.

Forsvarets Bell 412-helikopter står i dag på Bardufoss med éin times beredskap for politiet. Regjeringa anbefalte i Prop. 151 S (2015–2016) Kampkraft og bærekraft – Langtidsplan for Forsvaret å samle Bell 412-helikoptera på Rygge som særskild helikopterkapasitet for spesialstyrkane. For å sikre at beredskapen for politiet er vareteken i Nord-Noreg foreslår regjeringa å setje i verk ei mellombels løysing for politiberedskapen i Nord-Noreg gjennom innleige av sivil helikopterberedskap.

For å styrke redningsberedskapen i Nord-Noreg tek ein sikte på å opprette ein ny redningshelikopterbase i Tromsø basert på sivil innleige. Justis- og beredskapsdepartementet vil setje i gang ein konkurranse og hente inn anbod. Det blir foreslått at denne basen også leggjast til rette for å dekkje det spesielle behovet til politiet og at dette inkluderer dagens beredskap på ein time. Det vil på sikt vurderast om det er teneleg å gå over til Forsvaret som operatør av basen. Ei slik vurdering vil først kunne setjest igang når ein har tilstrekkeleg erfaring med drift av dei nye helikoptera. Det tas sikte på at den nye redningshelikopterbasen setjast i drift i løpet av 2022.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten dekker kostnader til drift av den offentlege redningshelikoptertenesta og prosjektet for kjøp av nye redningshelikopter, i tillegg til ressursar knytte til oppfølging av prosjektet. Løyvinga omfattar vidare ein tiltaksplan for dagens Sea King-redningshelikopterflåte som skal bidra til å oppretthalde drift og god beredskap fram til dei nye redningshelikoptera er tekne i bruk.

Det er foreslått ei ramme på 60,1 mill. kroner til gjennomføring av tiltak i tråd med gjeldande program for vedlikehald av dagens Sea King-helikopterflåte.

Det blir foreslått å redusere løyvinga med 1,4 mill. kroner i samband med aktivitetsnivået i prosjektet for kjøp av nye redningshelikopter.

Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 454, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3454, post 01, jf. forslag til vedtak.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 700 mill. kroner.

Post 45 Større utstyrsanskaffelser og vedlikehold, kan overføres

Løyvinga på posten dekker investeringar knytte til kjøp av nye redningshelikopter.

I regjeringa sitt forslag til budsjett for 2020 er det sett av 2 315,4 mill. kroner til utbetalingar knytte til investeringar ved kjøp av nye redningshelikopter og nødvendige tiltak for tilrettelegging av infrastruktur.

Nye redningshelikopter gir behov for bygningsmessige utbetringar av landingsplassane ved sjukehusa som dagens redningshelikopter bruker. Det er vedteke bygging av eit nytt Stavanger universitetsjukehus (SUS). Det er nødvendig å etablere ein mellombels landingsbase i tilknyting til dagens SUS. I samband med dette vil inntil 2,5 mill. kroner av løyvinga på kap. 454, post 45, nyttast til å finansiere ein intensivambulanse. Vidare blir det foreslått å redusere løyvinga med 0,27 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på Helse- og omsorgsdepartementets kap. 732, post 73, til drift av ambulansen i åra frå 2020 til 2023.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 2 315,4 mill. kroner.

Kap. 3454 Redningshelikoptertjenesten

(i 1 000 kr)

Post

Betegnelse

Regnskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Refusjoner

25 877

26 627

27 479

Sum kap. 3454

25 877

26 627

27 479

Post 01 Refusjoner

Løyvinga på posten dekker refusjonar frå Helse- og omsorgsdepartementet som kjøper ambulansetimar i redningshelikoptertenesta frå Justis- og beredskapsdepartementet. Refusjonen blir ført på kap. 3454, post 01 Refusjonar. Det blir foreslått å gi fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 454, post 01, mot tilsvarande meirinntekt under kap. 3454, post 01, jf. forslag til vedtak.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 27,5 mill. kroner.

Kap. 455 Redningstjenesten

(i 1 000 kr)

Post

Betegnelse

Regnskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Driftsutgifter

115 351

109 258

111 310

21

Spesielle driftsutgifter

28 480

28 202

28 959

45

Større utstyrsanskaffelser og vedlikehold, kan overføres

4 435

5 926

6 074

71

Tilskudd til frivillige organisasjoner i redningstjenesten

59 799

55 334

56 819

72

Tilskudd til nød- og sikkerhetstjenester

106 968

112 713

122 320

73

Tilskudd til Redningsselskapet

103 612

106 393

Sum kap. 0455

315 033

415 045

431 875

Justis- og beredskapsdepartementet har koordineringsansvar for redningstenesta, som omfattar land-, sjø- og luftredningsteneste. Hovudredningssentralane (HRS) leier og koordinerer alle typar redningsaksjonar, anten direkte frå Hovudredningssentralen Nord-Noreg eller Hovudredningssentralen Sør-Noreg eller ved oppdrag til underliggjande lokale redningssentralar. Leiing og samordning av landredningsaksjonar blir som regel delegert frå HRS til den lokale redningssentralen (LRS). LRS er lokalisert ved alle politidistrikt og hos Sysselmannen på Svalbard.

Norsk redningsteneste er ein nasjonal dugnad. Den offentleg koordinerte redningstenesta er omfatta av alle ressursar i landet vårt som er eigna til akutt innsats for å redde liv. Redningstenesta er derfor organisert som eit samvirke mellom ei rekkje offentlege, frivillige og private aktørar, og det er dette samvirket som er grunnlaget for og berebjelken i redningstenesta vår. Alle offentlege verksemder som har kapasitet, informasjon eller kompetanse som er eigna for redningsformål, pliktar å bidra i redningstenesta med tilgjengelege kapasitetar, kompetanse og fullmakter.

Samvirkeprinsippet inneber at alle aktørar har eit sjølvstendig ansvar for å sikre best mogleg samvirke både i det førebyggjande arbeidet og ved redningsaksjonar. Regjeringa har fastsett organisering, roller og ansvar for redningstenesta i Noreg i kgl.res. av 19. juni 2015, Organisasjonsplan for redningstjenesten. Justis- og beredskapsdepartementet gir nærmare instruksar, mandat og retningslinjer for utøvinga av redningstenesta.

Dei frivillige organisasjonane utgjer ein viktig del av redningstenesta i Noreg. Medverknaden deira i denne samfunnsviktige tenesta er viktig. Dei frivillige er ein ressurs som redningstenesta nyttar seg av stadig oftare, og dei legg ned ein stor innsats.

Den frivillige innsatsen er viktig for å nå regjeringas mål om å sørge for ein trygg og påliteleg beredskap for kvar og ein i samfunnet. Staten legg til rette for innsatsen til dei frivillige organisasjonane gjennom årlege økonomiske tilskot og gjennom å dekke faktiske utgifter ved søk- eller redningsaksjonar. HRS og LRS gir uttrykk for at samarbeidet med dei frivillige er godt, og at oppdrag blir løyste på ein profesjonell og tilfredsstillande måte. Dei frivillige bidrar til å skape den tryggleiken samfunnet vårt byggjer på.

Figur 2.19 Månadleg fordeling og utvikling av talet på hendingar registrerte ved HRS i perioden 2012 til juli 2019

Figur 2.19 Månadleg fordeling og utvikling av talet på hendingar registrerte ved HRS i perioden 2012 til juli 2019

Kilde: HRS

Det er utfordringar knytt til effektiv nødkommunikasjon i nordområda i dag. Det er aukande aktivitet i havområda i nord, og klimaendringar gjer desse områda meir tilgjengelege. Noreg har ansvar for redningsberedskap i nordlege havområde opp til Nordpolen. Dette aktualiserer behovet for velfungerande kommunikasjonløysingar i desse områda.

Regjeringa foreslår å etablere HF-dekning i dei nordlegaste havområda. Tiltaket vil redusere risikoen for alvorlege konsekvensar av hendingar. Hendingar vil kunne handterast og koordinerast betre og meir effektivt med utvida HF-dekning. Effektiv kommunikasjon, både når det gjeld dialog med personar i nød, og når det gjeld deling av kritisk informasjon mellom redningsressursane, er viktig for rask og riktig hjelp.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten dekker kostnader ved sentrale element ved redningstenesta, medrekna hovudredningssentralane (HRS). Bemanninga ved HRS utgjorde 52 årsverk per 31. desember 2018.

Løyvinga på posten omfattar utgifter i samband med det internasjonale satellittbaserte nødpeilesystemet COSPAS-SARSAT og utgifter til Justis- og beredskapsdepartementets nasjonale og internasjonale forplikting og engasjement innan redningstenesta.

Som følgje av at politiet skal etablere justisCert (justissektorens responsmiljø for å førebyggje og koordinere handteringa av alvorlege IKT-hendingar) blir det foreslått å redusere løyvinga med 37 000 kroner mot ein tilsvarande auke av løyvinga under kap. 440, post 01.

Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 455, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3455, post 01, jf. forslag til vedtak.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Løyvinga på posten omfattar utgifter til å engasjere private selskap, t.d. helikopterselskap, og frivillige redningsorganisasjonar i konkrete redningstilfelle, refusjon til frivillige hjelparar for innsats i redningstenesta, forbruk og erstatning av tapt materiell m.m. Forbruket på posten er vanskeleg å berekne, sidan utgiftene varierer med talet på og omfanget av redningsaksjonar. Forutan ein generelle auke i talet på hendingar har hendingane kravd større bruk av sivile helikopter- og flyressursar enn tidlegare. Refusjonar til dei frivillige organisasjonane i redningstenesta har òg auka utover ordinær prisutvikling.

Post 45 Større utstyrsanskaffelser og vedlikehold, kan overføres

Løyvinga på posten dekker diverse investeringar til HRS for kjøp og vedlikehald av utstyr til hovudredningssentralane.

Post 71 Tilskudd til frivillige organisasjoner i redningstjenesten

Løyvinga på posten dekker tilskot til Frivillige organisasjoners redningsfaglige forum (FORF) og til frivillige organisasjonar i redningstenesta som er representerte av paraplyorganisasjonen FORF. Løyvinga kan òg dekke tilskot til andre særs relevante frivillige organisasjonar innan redningstenesta. Midlane blir gitt til hovudorganisasjonar som har ei betyding for redningstenesta, og desse vil ha ansvar for fordelinga til lokale lag og foreiningar innan eigen organisasjon. Posten omfattar òg premie til forsikringsordning for frivillige i redningstenesta og varetaking av sekretariatsfunksjonen til Nasjonalt redningsfagleg råd. Sistnemnde blir vareteke av FORF.

Løyvinga omfattar òg tilskot til dei frivillige organisasjonane i redningstenesta tilsvarande abonnementsordninga for alle brukarar av Nødnett.

Vidare dekker løyvinga på posten utgifter til dykkaropplæring til frivillige som deltek i redningsdykkarberedskap og må ha redningsdykkarsertifisering.

Post 72 Tilskudd til nød- og sikkerhetstjenester

Løyvinga på posten skal bl.a. dekke tilskot til Telenor for den samfunnspålagde tenesta dei utfører i samband med Kystradioens nød- og tryggingsteneste, og for bidraget til å halde ved lag 24-timars tårnteneste ved Svalbard lufthamn.

For å vareta Noregs ansvar for redningsberedskap i dei nordlege havområda på ein betre måte foreslår regjeringa å etablere ein forbetra high-frequency-dekning (HF-dekning) ved å etablere ein basestasjon på Svalbard og ein basestasjon på fastlandet i Nord-Noreg. Det blir derfor foreslått å auke løyvinga på posten med 6 mill. kroner.

Post 73 Tilskudd til Redningsselskapet

Justis- og beredskapsdepartementet overtek forvaltninga av tilskot til Redningsselskapet frå Samferdselsdepartementet frå 2019.

Tilskotet skal bidra til å oppretthalde Redningsselskapets innsats i redningstenesta og i det ulukkesførebyggjande arbeidet. Det dekker ein del av driftsutgiftene selskapet har til søk og redningsberedskap.

Redningsselskapet er ein landsdekkande og frivillig humanitær organisasjon. Det primære formålet er å redde liv og berge verdiar på sjøen. Organisasjonen er ein viktig beredskapsressurs og utfører søk og rednings- og hjelpeteneste langs norskekysten og i tilstøytande havområde. Redningsselskapet driv i tillegg med ulukkesførebyggjande arbeid og vern av kystmiljøet. Organisasjonen har i dag ein flåte på 57 redningsskøyter. Halvparten er fast bemanna og har 24 timars beredskap heile året. Dei andre redningsskøytene er bemanna av om lag 1 300 frivillige. I tillegg har Redningsselskapet fire ambulansebåtar som dei opererer på vegner av helseføretak i Nordland. Desse båtane er bemanna med 16 personar.

Kap. 3455 Redningstjenesten

(i 1 000 kr)

Post

Betegnelse

Regnskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Refusjoner

4 280

Sum kap. 3455

4 280

Post 01 Refusjoner

Løyvinga dekker refusjonar gjennom ulike aktivitetar i redningstenesta. Det blir ikkje budsjettert med noko beløp.

Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 455, post 01, mot ein tilsvarande meirinntekt under kap. 3455, post 01, jf. forslag til vedtak.

Kap. 457 Nasjonal Sikkerhetsmyndighet

(i 1 000 kr)

Post

Betegnelse

Regnskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Driftsutgifter

370 306

Sum kap. 0457

370 306

Lov om nasjonal sikkerhet (tryggingslova) tok til å gjelde 1. januar 2019 og erstatta Lov om forebyggende sikkerhetstjeneste (tryggingslova) frå 1998. Det nye regelverket legg føringar på utviklinga av det førebyggjande tryggleiksarbeidet og ansvaret og oppgåvene til NSM som tryggingsorgan etter lova. NSM er frå 3. mai 2019 administrativt underlagt Justis- og beredskapsdepartementet. Forsvarsdepartementet har instruksjonsmyndigheit overfor NSM i saker på ansvarsområdet deira. Leveransane frå NSM til Forsvarets operative evne skal vidareførast, og NSM er framleis ei verksemd tilknytt forsvarssektoren.

NSM har det sektorovergripande ansvaret for at førebyggjande tryggleiksarbeid blir utført i samsvar med tryggingslova. Dette omfattar bl.a eit overordna ansvar for at tryggleikstilstanden i alle sektorar blir kontrollert, og at NSM skal sjå til at verksemdene oppfyller pliktene dei har etter lova. NSM er vidare nasjonalt tryggleiksorgan i kontakten med andre land og internasjonale organisasjonar.

Personelltryggleik er eit viktig ansvarsområde for NSM. Prosessen med tryggingsklarering er prega av manuelle og papirbaserte løysingar. Det er stort behov for digitalisering for å bidra til kvalitet og effektivitet. Regjeringa har foreslått å auke løyvinga til NSM i 2020 med 20 mill. kroner til arbeidet med ny tryggingslov. Den foreslåtte auken skal bl.a. nyttast til å etablere ein meir digitalisert klareringsprosess. Digitaliseringa av klareringsprosessen vil vera omfattande og involvera mange verksemder. Difor må arbeidet av omsyn til gjennomføring måtte gå over noko tid. Det blir særleg viktig å involvera Sivil klareringsmyndigheit og Forsvarets tryggingssavdeling som er dei to største klareringsmyndigheitene.

NSM er utpeika som ansvarleg myndigheit etter tryggingslova til å drive ein nasjonal responsfunksjon for alvorlege digitale angrep og eit nasjonalt varslingssystem for digital infrastruktur (VDI). NSM er i tillegg nasjonalt fagmiljø for digital tryggleik. Som nasjonalt fagmiljø skal NSM støtte Justis- og beredskapsdepartementet og Forsvarsdepartementet innanfor områda departementa har ansvar for. NSM skal identifisere og foreslå nasjonale tiltak og krav og i tillegg gi råd og rettleiing. NSM blir i 2020 styrkt med 5,4 mill. kroner for styrking av kapasiteten til analyse og avdekking av alvorlege angrep mot digital infrastruktur. Styrkinga er ein del av oppfølginga av langtidsplanen for forsvarssektoren 2017–2020, jf. Prop. 151 S (2015–2016).

NSM skal leggje til rette for at verksemder som lova gjeld for, får tilgang til informasjon om trussel- og risikovurderingar og andre opplysningar som er viktige for det førebyggjande tryggleiksarbeidet i verksemdene. NSM skal bidra til vidareutviklinga av samarbeidet med dei andre nasjonale etterretnings- og tryggleikstenestene.

Implementering av ny tryggingslov, herunder digitalisering av prosesser og tenester, vil vere prioriterte oppgåver i 2020.

Det er oppretta eit nasjonalt cybertryggleikssenter (NCSC) som ein del av NSM. Formålet er å styrke kapasiteten samfunnet har til motstand og beredskap i det digitale rommet. Senteret skal samarbeide med og inkludere aktørar i næringslivet, eigarar av kritisk infrastruktur, grunnleggjande nasjonale funksjonar og andre offentlege organ som politiet og etterretningstenesta. Eksterne aktørar vil ha fast plass på senteret. For å sikre tydeleg ansvars- og rolledeling er det viktig med godt samarbeid mellom NCSC og politiets cyberkrimsenter (NC3). Dette vil gi best mogleg utnytting av ressursane samfunnet rår over på området.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten skal dekke alle ordinære driftsutgifter og investeringar for NSM. Bemanninga utgjorde 271 årsverk ved utgangen av 2018.

Justis- og beredskapsdepartementet overtok 3. mai 2019 det administrative ansvaret for oppfølginga av NSM frå Forsvarsdepartementet. I samband med dette blir det foreslått å overføre løyvinga frå Forsvarsdepartementets kap. 1723, post 01, til Justis- og beredskapsdepartementets kap. 457, post 01. Løyvinga utgjer 317,1 mill. kroner.

Som ein del av overføringa er det óg planlagt ei styrking av NSM i tråd med Langtidsplan for forsvarssektoren, jf. Prop. 151 S (2015–2016) Kampkraft og bærekraft, på 5,4 mill. kroner. Styrkinga skal auke kapasiteten innan analyse og avdekking av alvorlege angrep mot digital infrastruktur.

I 2014 vart det overført 1 mill. kroner mellom Forsvarsdepartementets kap. 1723 og kap. 1700 til dekking av NSMs del til internrevisjonsordninga i forsvarssektoren. Ved overføringa av NSM til Justis- og beredskapsdepartementet blir ordninga avslutta, og det blir foreslått å auke løyvinga på kap. 457, post 01, med 1 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på Forsvarsdepartementets kap. 1700, post 01.

Det blir foreslått å auke løyvinga med 20 mill. kroner til arbeidet med ny tryggingslov gjennom digitalisering av klareringsprosessen og etablering av samhandlingstenester for handsaming av ansvaret som departement og organ har etter tryggingslova.

I dei seinare åra har det vore ein auke i utgiftene til direktoratet, med ein tilsvarande auke i inntektene. Løyvinga speglar ikkje dette, og det blir foreslått å auke løyvinga på utgiftsposten med 21,6 mill. kroner mot tilsvarande auka inntekter over kap. 3457, post 01.

Kap. 3457 Nasjonal Sikkerhetsmyndighet

(i 1 000 kr)

Post

Betegnelse

Regnskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Inntekter

33 815

Sum kap. 3457

33 815

Post 01

NSMs inntekter består i hovudsak av medlemsavgifter frå næringslivet til varslingssystemet for digital infrastruktur (VDI), kurs- og konferanseavgifter og brukarbetaling ved tryggleiksgodkjenning av informasjonssystem.

I samband med at ansvaret for NSM er overført frå Forsvarsdepartementet til Justis- og beredskapsdepartementet blir det foreslått å overføre løyvinga frå Forsvarsdepartementets kap. 4723, post 01 til, Justis- og beredskapsdepartementets kap. 3457, post 01. Løyvinga utgjer 12,2 mill. kroner.

Inntektene har i dei seinare åra auka, med ein tilsvarande auke i utgifter for direktoratet. Løyvinga speglar ikkje dette, og det blir derfor foreslått å auke løyvinga på posten med 21,6 mill. kroner mot tilsvarande auka utgifter over kap. 457, post 01.

Programkategori 06.60 Andre virksomheter

Utgifter under programkategori 06.60 fordelt på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Betegnelse

Regnskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

Pst. endr. 19/20

01–25

Driftsutgifter

1 516 776

1 655 483

1 539 989

-7,0

Sum kategori 06.60

1 516 776

1 655 483

1 539 989

-7,0

Utgifter under programkategori 06.60 fordelt på kapitler

(i 1 000 kr)

Kap.

Betegnelse

Regnskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

Pst. endr. 19/20

460

Spesialenheten for politisaker

47 334

47 451

48 316

1,8

466

Særskilte straffesaksutgifter m.m.

1 057 160

1 183 838

1 068 646

-9,7

467

Norsk Lovtidend

5 761

4 340

4 404

1,5

468

Kommisjonen for gjenopptakelse av straffesaker

16 758

17 179

20 230

17,8

469

Vergemålsordningen

389 763

402 675

398 393

-1,1

Sum kategori 06.60

1 516 776

1 655 483

1 539 989

-7,0

Innleiing

Programkategori 06.60 omfattar Spesialeininga for politisaker, særskilde straffesaksutgifter m.m. (medrekna bl.a. utgifter til advokat, tolk og sakkunnig i straffesaker), Den rettsmedisinske kommisjon, Norsk Lovtidend, Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker og verjemålsordninga.

Justis- og beredskapsdepartementet forvaltar fleire ordningar som skal sikre rettstryggleiken til individ og grupper. Verksemdene og ordningane i denne kategorien bidrar til målet om ei meir effektiv straffesakskjede der rettstryggleiken til individet står sentralt.

Målet for programkategori 06.60 – Andre verksemder er:

  • ei meir effektiv straffesakskjede

Prioriteringar i budsjettet

Regjeringa foreslår å

  • styrke Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker med 2,8 mill. kroner til digitalisering

  • styrke verjemålsordninga med 2,5 mill. kroner til automatisering av verjerekneskap

Kap. 460 Spesialenheten for politisaker

(i 1 000 kr)

Post

Betegnelse

Regnskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Driftsutgifter

47 334

47 451

48 316

Sum kap. 0460

47 334

47 451

48 316

Spesialeininga for politisaker etterforskar, avgjer påtale og fører for retten saker der tilsette i politiet eller påtalemakta er melde for å ha gjort ei straffbar handling i tenesta. Spesialeininga for politisaker set også i verk etterforsking dersom nokon døyr eller blir alvorleg skadde som følgje av tenestutøvinga til politiet eller påtalemakta, sjølv om det ikkje er mistanke om ei straffbar handling. Ved å behandle alle tiltalar mot politiet med same alvor og like grundig som andre tiltalar, bidrar Spesialeininga for politisaker til rettstryggleik og ei meir effektiv straffesakskjede.

Etter ein nedgang i talet på meldingar til Spesialeininga for politisaker i 2017, var saksinngangen tilbake på same nivå som tidlegare i 2018. Saksbehandlingstida auka med ti dagar frå 2017 til 2018, frå 180 til 190 dagar.

Figur 2.20 Mottekne og påtaleavgjorde meldingar og gjennomsnittleg saksbehandlingstid, Spesialeininga for politisaker

Figur 2.20 Mottekne og påtaleavgjorde meldingar og gjennomsnittleg saksbehandlingstid, Spesialeininga for politisaker

Spesialeininga gjennomførte i 2018 ei brukarundersøking der det kom fram at brukarane oppfattar saksbehandlingstida som uakseptabelt lang. Vedvarande lang saksbehandlingstid kan svekke tilliten til ordninga i befolkninga. Ein medverkande faktor til at saksbehandlingstida har auka, er ei stor sak som har kravd mykje ressursar. Saka vil fortsette å krevje ressursar til ho er rettskraftig avgjord.

Nye og meir omfattande krav til etterforsking og iretteføring er eit anna utviklingstrekk som òg bidrar til å forlenge saksbehandlingstida.

I revidert nasjonalbudsjett 2019 vart det gitt ei ekstra løyving på 1,4 mill. kroner for at Spesialeininga kan oppretthalde høg kvalitet og effektivitet i saksbehandlinga.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten skal dekke driftsutgifter til Spesialeininga for politisaker som lønn, godtgjersler til advokatar på verv, husleige og andre administrative utgifter. Spesialeininga for politisaker hadde 31 årsverk per 31. desember 2018.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 48,3 mill. kroner.

Kap. 466 Særskilte straffesaksutgifter m.m.

(i 1 000 kr)

Post

Betegnelse

Regnskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Driftsutgifter

1 057 160

1 183 838

1 068 646

Sum kap. 0466

1 057 160

1 183 838

1 068 646

Juridisk bistand i straffesaker bidrar til ei meir effektiv straffesakskjede gjennom å sikre at sikta, tiltalte, fornærma og pårørande får den hjelpa dei treng. På denne måten kan ei rettssak gå rettferdig for seg.

Salær til offentleg oppnemnde forsvararar, bistandsadvokatar, sakkunnige og tolkar er regulert gjennom forskrift om salær fra det offentlige til advokater mv. (salærforskrifta) og forskrift om salær fra det offentlige til advokater m.fl. etter faste satser (stykkprissatser) ved fri rettshjelp og i straffesaker (stykkprisforskriften). Den langvarige trenden for statens utgifter til advokathjelp er veksande. Det blir foreslått å auke salærsatsen frå 1 040 til 1 060 kroner i timen.

Den rettsmedisinske kommisjon

Hovudoppgåva til Den rettsmedisinske kommisjon (DRK) er å kvalitetssikre rettsmedisinske erklæringar og utsegner som sakkunnige gir i straffesaker.Ny kommisjon vart utnemnd i april 2019 for perioden 2019–2023.

Talet på erklæringar DRK får tilsendt for kvalitetssikring er stigande. I 2018 behandla kommisjonen for første gong meir enn 10 000 erklæringar. Samstundes vart restansane reduserte med over 500 erklæringar. 51 pst. av dei innkomne erklæringane er innanfor fagområdet rettspatologi og klinisk rettsmedisin. Dei andre fagområda er toksikologi, genetikk og psykiatri. Desse står for høvesvis 23, 17 og 9 pst. av saksinngangen, jf. figur 2.21.

Figur 2.21 Innkomme og behandla erklæringar og restanse, Den rettsmedisinske kommisjon

Figur 2.21 Innkomme og behandla erklæringar og restanse, Den rettsmedisinske kommisjon

Det høge talet på erklæringar legg press på den tradisjonelle arbeidsforma til kommisjonen. I samband med oppnemninga av den nye kommisjonen vart talet på medlemmer utvida frå 42 til 52. Mandatet til leiar og nestleiar av kommisjonen vart òg endra for å betre saksflyten og få sakene raskare gjennom.

Det er utfordringar knytte til rekruttering og kapasitet innan fleire rettsmedisinske fagfelt. Kommisjonen har i samband med dette gitt innspel til høyringa om ny spesialistutdanning for legar.

Salær- og stykkprisforskrift

Frå 1. januar 2017 vart godtgjersle ved reisefråvere halvert. Justis- og beredskapsdepartementet har tildelt oppdrag om evaluering av endringa til eksterne konsulentar våren 2019, jf. oppmodingsvedtak nr. 276, 16. desember 2016. Evalueringa skal liggje føre i desember 2019.

24. juni 2019 sende departementet forslag om endringar i forskrift om salær fra det offentlige til advokater mv. (salærforskrifta) og forskrift om salær fra det offentlige til advokater m.fl. etter faste satser (stykkprissatser) ved fri rettshjelp og i straffesaker (stykkprisforskrifta) på høyring. I høyringsnotatet foreslår departementet å auke godtgjersla til advokatar sitt arbeid med ankeskriving. Det blir foreslått at dei auka kostnadane blir dekt ved å disponere om midlar innanfor posten.

Bakgrunnen for dette er at departementet i Prop. 53 L (2018–2019) Endringer i straffeprosessloven mv. (ankesiling m.m.) har foreslått å oppheve § 321 tredje ledd, slik at òg ankar i saker som kan medføre fengsel i meir enn seks år skal vurderast på grunnlag av det alminnelege silingskriteriet i straffeprosesslova § 321 andre ledd første punktum. Ved innføring av ankesiling i seksårssaker må fleire saker bli grunngitt, slik at ankeskrivinga krev meir arbeid frå forsvararane enn tidlegare.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten dekker i hovudsak utgifter til juridisk bistand i straffesaker til personar som har rett til advokatbistand i medhald av straffeprosesslova kap. 9 og 9 a. Dette er personar som har status som sikta eller tiltalt, fornærma, pårørande eller etterlatne til fornærma i ein straffesak. Løyvinga dekker utgifter til salær og reise- og kostgodtgjersle til forsvararar, bistandsadvokatar, tolkar og sakkunnige oppnemnde av retten eller av Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker.

Løyvinga dekker vidare tapt arbeidsforteneste til tolkar utan salærrett og sakkunnige i straffesaker, enkelte utgifter til Den rettsmedisinske kommisjon, som honorar og/eller godtgjersle og reise- og kursutgifter samt salær og reise- og opphaldsutgifter til aktor i militære straffesaker. Løyvinga dekker òg utgiftene til Justis- og beredskapsdepartementet i samband med omsetjing av rettsoppmodingar, utleveringssaker og barnebortføringssaker etter Haag-konvensjonen av 1980.

Dei totale utgiftene på posten er i hovudsak avhengig av mengda straffesaker og omfanget av dei, oppnemnde forsvararar eller bistandsadvokatar, bruken av tolkar og sakkunnige og nivået på den offentlege salærsatsen.

Det blir foreslått å redusere løyvinga med 131 mill. kroner med utgangspunkt i rekneskapstal og forventa utvikling.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 1 068,6 mill. kroner.

Kap. 467 Norsk Lovtidend

(i 1 000 kr)

Post

Betegnelse

Regnskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Driftsutgifter

5 761

4 340

4 404

Sum kap. 0467

5 761

4 340

4 404

Norsk Lovtidend sørger for at lover og reglar er tilgjengelege for allmenta, og at regelverksendringar kan bli kunngjorde raskt, noko som er eit viktig prinsipp for rettstryggleiken. Norsk Lovtidend blir publisert av stiftinga Lovdata på vegner av Justis- og beredskapsdepartementet.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten dekker utgifter til tilarbeiding av manuskript og arbeidet med den elektroniske utgåva av Norsk Lovtidend.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 4,4 mill. kroner.

Kap. 468 Kommisjonen for gjenopptakelse av straffesaker

(i 1 000 kr)

Post

Betegnelse

Regnskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Driftsutgifter

16 758

17 179

20 230

Sum kap. 0468

16 758

17 179

20 230

Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker er eit uavhengig forvaltningsorgan som skal behandle krav om gjenopptaking av straffesaker som er rettskraftig avgjorde i domstolane. Kommisjonen skal rettleie, greie ut og avgjere sakene. Gjennom å opne for at domfelte kan få saka si prøvd på nytt i rettssystemet, bidrar Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker til ei effektiv straffesakskjede der rettstryggleiken til individet er i fokus.

Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker tok imot og avslutta fleire saker i 2018 enn i 2017. 21 pst. av dei realitetsvurderte sakene vart opna att – ein auke frå 15,8 pst. året før. Av dei 24 sakene som i 2018 vart opna att, vart 18 opna som følgje av strafferettsleg mangel på skuldevne (75 pst.). Ein stor del av dei gjenopna sakene handlar om manglande skuldevne i gjerningsaugneblinken, noko som er illustrerande for dei gjenopna sakene gjennom fleire år, jf. figur 2.22.

Figur 2.22 Saksbehandling, Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker

Figur 2.22 Saksbehandling, Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker

* Ikkje oppgitt for 2014.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten dekker driftsutgifter til medlemmene av kommisjonen, lønn til medarbeidarane i sekretariatet og andre driftsutgifter knytte til kommisjonen og sekretariatet. Sekretariatet hadde 9,9 årsverk per 31. desember 2018.

Det blir foreslått å auke løyvinga med 2,8 mill. kroner til digitalisering av kommisjonen.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 20,2 mill. kroner.

Kap. 469 Vergemålsordningen

(i 1 000 kr)

Post

Betegnelse

Regnskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Driftsutgifter

253 361

252 675

259 847

21

Spesielle driftsutgifter

136 402

150 000

138 546

Sum kap. 0469

389 763

402 675

398 393

Verjemålsforvaltninga sørger for rettstryggleiken til personar som har behov for bistand til å vareta eigne interesser. Førstelinja i verjemålsforvaltninga er fylkesmannen. Statens sivilrettsforvaltning (SRF) er klage- og tilsynsorgan. SRF har som sentral verjemålsmyndigheit bl.a. ansvar for å vareta heilskapen på verjemålsfeltet og å utvikle fagområdet i ønskt retning.

Ved utgangen av 2018 var det registrert om lag 63 000 personar med verje. Verjemålsmyndigheita forvalta nærmare 21 mrd. kroner fordelte på om lag 32 000 kontoar. Talet på verjer var ved utgangen av 2018 om lag 44 600, der i overkant av 38 000 verjer hadde eitt oppdrag. 17 verjer var registrerte med over 100 oppdrag, med ulikt omfang.

Fleire av dei som har verjemål er ikkje i stand til å forstå kva verjemålet inneber. Det er særleg viktig at det overfor denne gruppa blir lagt til rette for at frivilligheit og sjølvråderett kan varetakast. Kravet til frivillig verjemål står sentralt både ved oppretting av verjemål og i det løpande verjemålet. I 2018 og 2019 vart det sett i verk fleire tiltak for å tydeleggjere dette kravet, bl.a. vart endring av verjemålslova send på høyring. Det vart òg sett i verk ein gjennomgang for å avdekke ufrivillige verjemål (sjå tekstboks 2.2). Verjemålsforvaltninga vart styrkt med 10,2 mill. kroner i revidert nasjonalbudsjett 2019 for å handtere oppfølginga av dei innmelde sakene.

Boks 2.2 Gjennomgang av ufrivillige verjemål

Ordinære verjemål er frivillige, i motsetning til verjemål der den rettslege handleevna er fråteken ved dom. Ved utgangen av 2018 var det registrert om lag 63 000 personar med ordinært verjemål, mens 224 personar var fråtekne rettsleg handleevne. Enkelte mediesaker i 2018 viste at nokre har ordinære verjemål mot sin eigen vilje. I desember 2018 bad derfor Justis- og beredskapsministeren Statens sivilrettsforvaltning om ein gjennomgang for å avdekke om fleire ordinære verjemål var uønskte. Totalt vart det sendt ut 34 000 brev til verjehavarar som ikkje var registrerte som samtykkekompetente, og til verjene deira. Det vart òg gitt informasjon på nettsidene til verjemålsforvaltninga om at ordinære verjemål skal vere frivillige, og om framgangsmåten for å oppheve verjemålet. Per 13. september 2019 har totalt 401 personar gitt tilbakemelding om uønskte verjemål. Av desse er 58 pst. avvikla eller under avvikling og 28 pst. vidareført fordi verjehavar har ombestemt seg, fått ny verje, ikkje forstått innhaldet i brevet, eller det var andre enn verjehavar som ønskte å avslutte verjemålet. 14 pst. er fortsatt til vurdering. Fylkesmannen følgjer opp desse sakene og skal ferdigstille arbeidet med gjennomgangen i 2020. Dette gjeld både oppfølging av enkeltsaker og gjennomføring av tiltak for å sikre frivilligheit i verjemålsordninga.

Verjemålsforvaltninga vil halde fram utviklingsarbeidet for å heve kvaliteten med særleg vekt på frivilligheit og individtilpassing. CRPD-komiteen (Committee on the Rights of Persons with Disabilities) sine tilrådingar og rapporten frå Riksrevisjonen har gjeve innspel til dette arbeidet. Arbeidet vil i 2020 særleg rette seg mot å styrke kvaliteten ved oppstart av verjemålet. Betre legeerklæringar og systematiske samtalar med verjehavar og verja er ein del av dette. Opplæring av og tilsyn med verjer vil òg bli styrkt, og rolla verja har når det gjeld å gi avgjerdsstøtte til verjehavaren vil stå sentralt.

Omfanget av verjemålsinstituttet gjer det nødvendig å løfte fram framtidsfullmakter, som i mange saker kan være eit alternativ til verjeordninga og offentleg medverknad. Eit forskingsprosjekt som har kartlagt og vurdert erfaringane med framtidsfullmakter og korleis ordninga kan forbetrast vart gjennomført i 2018 og 2019. Utgreiinga er no til oppfølging hos SRF. Det er òg sett i verk fleire tiltak for å digitalisere verjemålsforvaltninga. Regjeringa foreslår å løyve 2,5 mill. kroner til automatisering av verjerekneskapskontroll. Dette vil styrke høvet til å avdekke misbruk av midlane til verjehavaren, og det vil effektivisere arbeidet til både verjemålsforvaltninga og verjene. Departementet gjer kontinuerleg vurderingar av behovet for lov- og forskriftsendringar på heile verjemålsfeltet. Mange av klagesakene gjeld godtgjersle til verjer. Departementet vurderer derfor å endre reglane for å effektivisere saksbehandlinga, sikre betre likebehandling og gjere godtgjersla meir føreseieleg for verjer og verjehavarar.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten dekker driftsutgifter til fylkesmannsembeta og Statens sivilrettsforvaltning, som lønn og andre administrative utgifter. I tillegg skal løyvinga dekke investeringar, nødvendig konsulentbistand, utstyr og prosjektkostnader.

Det blir foreslått å auke løyvinga med 2,5 mill. kroner til automatisering av verjerekneskapskontroll.

Det blir foreslått å redusere løyvinga med 15 mill. kroner med utgangspunkt i forventa utvikling som følje av reduksjon i talet på einslege, mindreårlige asylsøkarar.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 259,8 mill. kroner.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Løyvinga på posten dekker godtgjersle og utgiftsdekking til verjer, jf. verjemålslova § 30. Posten dekker òg godtgjersle og utgiftsdekking til representantar for einslege mindreårige asylsøkarar i tillegg til nødvendige utgifter til tolk, jf. utlendingslova § 98 f.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 138,5 mill. kroner.

Kap. 3469 Vergemålsordningen

(i 1 000 kr)

Post

Betegnelse

Regnskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Vergemåls-/representantordning, ODA-godkjente utgifter

3 930

4 183

4 295

Sum kap. 3469

3 930

4 183

4 295

Post 01 Verjemåls-/representantordninga, ODA-godkjende utgifter

Visse innanlandske utgifter knytte til mottak av asylsøkarar og flyktningar kan etter OECD DACs statistikkdirektiv godkjennast som offisiell utviklingshjelp det første året asylsøkarar og flyktningar er i mottakarlandet. Tiltaka må følgje internasjonale retningslinjer for offisiell utviklingsbistand (ODA) om dei skal kunne reknast som bistand.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 4,3 mill. kroner.

Programkategori 06.70 Fri rettshjelp, erstatninger, konfliktråd

Utgifter under programkategori 06.70 fordelt på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Betegnelse

Regnskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

Pst. endr. 19/20

01–25

Driftsutgifter

921 070

930 017

992 678

6,7

60–69

Overføringer til kommuner

19 268

19 808

13 202

-33,4

70–89

Overføringer til private

582 088

567 361

642 552

13,3

Sum kategori 06.70

1 522 426

1 517 186

1 648 432

8,7

Utgifter under programkategori 06.70 fordelt på kapitler

(i 1 000 kr)

Kap.

Betegnelse

Regnskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

Pst. endr. 19/20

470

Fri rettshjelp

659 909

662 141

677 293

2,3

471

Statens erstatningsansvar og Stortingets rettferdsvederlagsordning

238 296

196 779

203 076

3,2

473

Statens sivilrettsforvaltning

350 920

372 579

436 621

17,2

474

Konfliktråd

152 832

173 216

174 618

0,8

475

Bobehandling

120 469

112 471

156 824

39,4

Sum kategori 06.70

1 522 426

1 517 186

1 648 432

8,7

1 Innleiing

Programkategori 06.70 omfattar utgifter knytte til fri rettshjelp, tilskotsordninga for spesielle rettshjelpstiltak, statens erstatningsansvar, erstatning i samband med strafforfølging, Stortingets rettferdsvederlagsordning, Statens sivilrettsforvaltning, valdsoffererstatningsordninga, konfliktrådsordninga og garantiordninga for bubehandling.

Måla for programkategori 06.70 Fri rettshjelp, erstatningar, konfliktråd er:

  • ei meir effektiv straffesakskjede

  • redusere alvorleg kriminalitet

  • styrke førebygginga av kriminalitet

2 Budsjettprioriteringar

Regjeringa foreslår å styrke valdsoffererstaningsordninga med 3,2 mill. kroner.

Kap. 470 Fri rettshjelp

(i 1 000 kr)

Post

Betegnelse

Regnskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Driftsutgifter

605 059

605 701

619 338

72

Tilskudd til spesielle rettshjelptiltak

54 850

56 440

57 955

Sum kap. 0470

659 909

662 141

677 293

Rettshjelplova med forskrifter gir reglar om offentleg stønad til rettshjelp for dei som har behov for rettshjelp. Etter lova kan stønaden bli gitt i form av fritt rettsråd, fri sakførsel eller fritak for rettsgebyr. Fritt rettsråd og fri sakførsel inneber at den som har behov for rettshjelp får bistand frå advokat eller andre rettshjelparar. Tenesta blir heilt eller delvis betalt av det offentlege på grunnlag av den offentlege salærsatsen. Statens sivilrettsforvaltning (SRF) er klageinstans for vedtak gjorde av fylkesmennene, fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker og kontrollkommisjonane for psykisk helsevern. SRF etatsstyrer fylkesmennene på rettshjelpsområdet og skal bidra til styrkt kompetanse blant fylkesmannsembeta og sikre einsarta praksis.

For nokre sakstypar har søkaren krav på rettshjelp utan omsyn til inntekt eller formue. Det offentlege dekker alle kostnadene i desse sakene. For andre typar saker er det berre søkarar med inntekt og formue opp til eit visst nivå som kan få stønad til rettshjelp. I tilfelle med økonomisk behovsprøving skal det normalt betalast eigendel for rettshjelpa. Inntektsgrensene er 246 000 kroner for einslege og 369 000 kroner for ektefellar og andre som lever saman og har felles økonomi. Formuegrensa er 100 000 kroner. Dersom ein søkar oppfyller vilkåra knytte til inntekt og formue, og saka objektivt sett gjeld vedkommande i særleg sterk grad, kan det i nokre tilfelle bli gitt fri rettshjelp òg om saka ikkje høyrer under sakene som er nemnde over. Unntaksvis kan det bli gitt fri rettshjelp til ei sak som ikkje er oppført i lova, utan at søkaren oppfyller vilkåra knytte til inntekt og formue.

Utgiftene på kap. 470, post 01 Driftsutgifter var i 2018 tilnærma uendra frå året før.

Figur 2.23 Utgifter til fri rettshjelp

Figur 2.23 Utgifter til fri rettshjelp

Figuren viser rekneskap utan mva. Nøytral meirverdiavgift blei innført får 2015. Beløpet for 2014 er justert for nøytral meirverdiavgift (anslag).

Regjeringa sette i oktober 2018 ned eit offentleg utval som skal gjennomgå rettshjelpsordninga. Utvalet skal innan 1. mai 2020 levere ei utgreiing til departementet, jf. oppmodingsvedtak nr. 98, 4. desember 2018.

Eksterne konsulentar har på oppdrag frå departementet evaluert regelverket knytt til utbetaling av salær til advokatar og forsvararar i straffesaker og saker med fri rettshjelp. Evalueringa vart overlevert departementet i februar 2019.

Justis- og beredskapsdepartementet gir tilskot til spesielle rettshjelpstiltak. Ordninga blir forvalta av SRF og er ein viktig del av det totale tilbodet innan rettshjelp.

Tilskotsordninga har tidlegare vore øyremerkt ulike rettshjelpstiltak. Departementet foreslår at det frå 2020 blir ope for alle aktuelle tilskotsmottakarar å søke om tilskot. Formålet med dette er å opne opp for nye tilskotsmottakarar og meir effektiv bruk av midlane. Tilskotsmottakarane skal rapportere om oppnådde mål, erfaringar med tiltaka og bruken av ressursane. I 2018 var måloppnåinga for tilskotsordninga gjennomgåande god, og rettshjelpstiltaka var innretta mot målgruppene ordninga er tiltenkt.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten skal dekke utgifter til advokat, sakkunnige og meddommarar m.m. i saker der det er gitt fri sakførsel etter reglane i rettshjelplova. Fri sakførsel blir gitt i saker for domstolane og for særskilde forvaltingsorgan, som fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker, kontrollkommisjonen (for psykisk helsevern), smittevernnemnda m.m. I tillegg dekker løyvinga utgifter til advokat og rettshjelp i saker der det heilt eller delvis er løyvd fritt rettsråd etter reglane i rettshjelplova. Fritt rettsråd er juridisk rådgiving i saker som ikkje er til behandling i domstolane eller eit anna organ der det kan bli gitt fri sakførsel.

Det blir foreslått å auke løyvinga med 4,5 mill. kroner til å behandle saker om tilbakekall av statsborgarskap, jf. omtale under programkategori 06.90.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 619,3 mill. kroner.

Post 72 Tilskot til spesielle rettshjelpstiltak

Løyvinga på posten dekker primært tilskot for å sikre rettstryggleiksarbeid, tilskot til rettshjelpsverksemd og rettspolitisk arbeid. Ordninga har vore øyremerkt spesielle rettshjelpstiltak frå 2015 til 2019. Øyremerkinga blir oppheva frå 2020. Formålet med tilskotsordninga er å gi kostnadseffektive rettshjelpstilbod til utsette grupper og menneskjer i ein spesielt vanskeleg situasjon, og som kan oppfatte at terskelen for å oppsøke ordinær juridisk bistand er høg. Heile posten blir fordelt av SRF etter søknad frå organisasjonane.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 58 mill. kroner.

Kap. 3470 Fri rettshjelp

(i 1 000 kr)

Post

Betegnelse

Regnskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Tilkjente saksomkostninger m.m.

3 682

4 062

4 192

02

Fri rettshjelp, ODA-godkjente utgifter

5 118

5 255

Sum kap. 3470

3 682

9 180

9 447

Post 01 Tilkjende sakskostnader m.m.

Sakskostnader som blir tilkjende staten i saker der éin eller begge partar får fri sakførsel (benefiserte saker) blir førte over denne posten.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 4,2 mill. kroner.

Post 02 Fri rettshjelp, ODA-godkjende utgifter

Utgifter til fri rettshjelp til asylsøkarar som har fått avslag på søknad om vern kan godkjennast som utviklingshjelp (ODA). Dette er i tråd med OECD/DACs presiseringar til ODA-regelverket. Sjå utdjupande omtale under kap. 3490 og i Utanriksdepartementets Prop. 1 S (2019–2020).

Det blir foreslått ei løyving på posten på 5,3 mill. kroner.

Kap. 471 Statens erstatningsansvar og Stortingets rettferdsvederlagsordning

(i 1 000 kr)

Post

Betegnelse

Regnskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

71

Erstatningsansvar m.m., overslagsbevilgning

149 484

109 633

113 141

72

Erstatning i anledning av straffeforfølging, overslagsbevilgning

68 427

61 433

63 399

73

Stortingets rettferdsvederlagsordning

20 385

25 713

26 536

Sum kap. 0471

238 296

196 779

203 076

Post 71 Erstatningsansvar m.m., overslagsløyving

Kap. 471, post 71 blir belasta når staten blir dømd til, eller har inngått forlik om, å betale erstatning fordi staten er ansvarleg etter ulovfesta eller lovfesta erstatningsrettslege reglar. Posten blir òg belasta når staten betaler ut erstatning utan at det har oppstått usemje om erstatningsansvaret i desse sakene. Posten blir vidare nytta til å dekke sakskostnadene til ein motpart og til å dekke forseinkingsrenter som er tilkomne fram til éin md. etter at ein dom vart rettskraftig. Utbetaling av erstatning i kontraktsforhold kan ikkje bli belasta posten. Finst det andre budsjettpostar som dekker dei aktuelle utgiftene, skal ikkje erstatningsutbetalingane belastast kap. 471, post 71. Sjå elles rundskriv G-01/2017. Løyvinga på posten er regelstyrt.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 113,1 mill. kroner.

Post 72 Erstatning i samband med strafforfølging, overslagsløyving

Ein person som har vore sikta, tiltalt eller dømd for ei straffbar handling kan ha rett til erstatning for økonomisk tap og oppreising dersom vedkommande blir frifunnen, forfølginga mot vedkommande blir innstilt, eller vedkommande har vore arrestert eller fengsla i strid med sentrale menneskerettskonvensjonar. Erstatninga følgjer faste satsar for krenking eller annan skade av ikkje-økonomisk art. Statens sivilrettsforvaltning (SRF) behandlar og avgjer krav om erstatning etter strafforfølging.

Dei fem siste åra har saksinngangen halde seg nokså stabil på 750–1 000 saker i året.

I 2018 var saksinngangen på 853 saker. I same periode har saksbehandlingstida hos politiet og SRF halde seg relativt stabil på høvesvis 2 til 3 md. og 1 til 2 md.

Utgiftene knytte til erstatning i samband med strafforfølging varierer frå år til år. Mengda saker som blir behandla har mindre å seie for det totale utbetalingsnivået. Utbetalingane er først og fremst avhengige av kva for type saker som er til behandling.

Løyvinga på kap. 471, post 72 blir belasta ved dekking av erstatning i samband med strafforfølging etter straffeprosesslova kapittel 31 og ved dekking av sakskostnadene til motparten etter straffeprosesslova § 438. SRF avgjer krav om erstatning i samband med strafforfølging og betaler ut erstatning, jf. straffeprosesslova kapittel 32. Når staten blir dømd til å betale sakskostnadene til motparten etter straffeprosesslova § 438, blir utbetalinga belasta post 72. Politidistriktet eller påtalemakta som utøver partsstillinga på vegner av staten betaler ut, ikkje domstolen. Forseinkingsrenter av sakskostnadene som er tilkomne fram til éin md. etter at ein dom vart rettskraftig, kan bli belasta kap. 471, post 72. Forseinkingsrenter som er komne til etter dette tidspunktet, skal belastast driftsbudsjettet til verksemda. Løyvinga på posten er regelstyrt.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 63,4 mill. kroner.

Post 73 Stortingets rettferdsvederlagsordning

Posten dekker utbetalingar av rettferdsvederlag. Rettferdsvederlagsordninga er Stortingets eiga ordning der enkeltpersonar som har komme særleg uheldig ut i møte med det offentlege jamført med andre på same tid, kan søke om kompensasjon etter skjønn. SRF er sekretariat for Stortingets utval for rettferdsvederlag.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 26,5 mill. kroner.

Kap. 473 Statens sivilrettsforvaltning

(i 1 000 kr)

Post

Betegnelse

Regnskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Driftsutgifter

73 778

72 579

77 021

70

Erstatning til voldsofre, overslagsbevilgning

277 142

300 000

359 600

Sum kap. 0473

350 920

372 579

436 621

Statens sivilrettsforvaltning (SRF) har kompetanse til å fatte vedtak innanfor bl.a. verjemålsområdet, fri rettshjelp, erstatning i samband med straffeforfølging og saker etter valdsoffererstatningslova. SRF etatsstyrer fylkesmennene på områda verjemål og rettshjelp. SRF har i tillegg som oppgåve å etatsstyre Kontoret for valdsoffererstatning. SRF utøver også sekretariatsfunksjon for Erstatningsnemnda for valdsoffer, Den rettsmedisinske kommisjon, Barnesakkyndig kommisjon, Barnevernets tvisteløysingsnemnd, Konkursrådet og Kontrollutvalet for kommunikasjonskontroll.

Valdsoffererstatning – Kontoret for valdsoffererstatning

Kontoret for valdsoffererstatning (KFV) behandlar søknader om valdsoffererstatning frå personar som er påførte personskade som følgje av ei straffbar valdshandling. KFV behandlar òg saker om regress mot skadevaldar. Erstatningsnemnda for valdsoffer (ENV) behandlar klagar på vedtak om valdsoffererstatning som er fatta i første instans. SRF er sekretariat for ENV, og har delegert fullmakt til å gjere vedtak i nokre klagesaker.

Figur 2.24 Nye søknader, saksbehandlingstid og behaldning av ubehandla saker (restanse)

Figur 2.24 Nye søknader, saksbehandlingstid og behaldning av ubehandla saker (restanse)

I 2018 behandla KFV om lag 9 pst. færre søknader om valdsoffererstatning samanlikna med året før. Samstundes har saksbehandlingstida ved kontoret auka. Dette har resultert i at behaldninga av ubehandla saker auka i 2018.

Det vart utbetalt om lag 277 mill. kroner i valdsoffererstatning i 2018. Det er ein reduksjon på 27 pst. frå året før, og heng saman med lengre saksbehandlingstid ved kontoret. Samstundes vart det fatta 2 pst. fleire vedtak om krav om tilbakebetaling frå skadevaldarar. Innbetalingar frå skadevaldarar (regress) heldt seg tilnærma stabilt frå 2017 til 2018. SRF og KFV har i 2018 omprioritert interne ressursar for å følgje opp statens regresskrav. Det vart i 2018 fatta vedtak om regress i 28 pst. fleire sakar samanlikna med 2017.

Figur 2.25 Erstatningsutbetaling, uteståande krav og innbetalingar

Figur 2.25 Erstatningsutbetaling, uteståande krav og innbetalingar

I 2018 kom det inn 783 klagesaker til KFV, ein reduksjon på 22 pst. frå 2017. SRF tok imot 691 klagesaker, ein nedgang på 24 pst. frå 2017. Saksbehandlingstida på klagesaker i SRF auka frå to til tre md. i 2018. ENV betra saksbehandlingstida frå seks til fem md. i 2018. Talet på klagar som fekk medhald hos SRF og ENV er redusert med høvesvis 5 pst. og 11,5 pst. i 2018. Dette tyder på at vurderingane som er gjorde i første instans, i større grad samsvarer med vurderingane som blir gjorde i andre instans. Styrkt samhandling og einsarta praksis har vore høgt prioritert dei siste åra.

Utgreiinga frå valdsoffererstatningsutvalet (NOU 2016: 9 Rettferdig og forutsigbar – voldsskadeerstatning) har vore på høyring og er til oppfølging i departementet. Målet med den nye lova er å få ei ny ordning som treffer dei som treng det mest, og eit klart og enkelt regelverk som legg til rette for effektivt saksarbeid og avgjerder med høg kvalitet. Departementet tek sikte på å leggje fram forslag til ny lov om valdsoffererstatning i 2020.

Kontrollutvalet for kommunikasjonskontroll

Kontrollutvalet for kommunikasjonskontroll (KK-utvalet) er eit uavhengig organ som skal kontrollere at bruken av kommunikasjonskontroll i politiet, romavlytting og dataavlesing skjer innanfor ramma av lover og instruksar. Utvalet skal òg kontrollere sletting og bruk av overskotsinformasjon, og vurdere meldingar og rapportar som politimeistrane sender til riksadvokaten. SRF er sekretariat for utvalet.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten dekker ordinære driftsutgifter til SRF. Dette inkluderer godtgjersler, reise- og kursutgifter til medlemmer av utvala for rettferdsvederlag, ENV og KK-utvalet. Løyvinga dekker i tillegg dei ordinære driftsutgiftene til KFV, Den rettsmedisinske kommisjon (DRK), medrekna sekretariatet til kommisjonen, driftsutgiftene til sekretariatet til KK-utvalet, driftsutgiftene til sekretariatet for Konkursrådet og andre utgifter knytte til Konkursrådet, medrekna godtgjersle og reiseutgifter til medlemmene av rådet. Bemanninga i SRF utgjorde 62 årsverk og KFV hadde 28 årsverk per 31. desember 2018.

Det blir foreslått å auke løyvinga med 3,2 mill. kroner for styrke valdsoffererstatningsordninga. Tiltaket skal bidra til å snu den negative utviklinga i restansebehaldning og saksbehandlingstid ved KFV.

Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2018 får fullmakt til å overskride løyvinga over kap. 473, post 01 mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3473, post 01, jf. forslag til vedtak.

Vidare blir det foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2018 kan nettoføre som utgiftsreduksjon på kap. 473, post 01 inntektene frå å avholde kurs og konferanser i regi av Konkursrådet samt inntekter frå rådets øvrige virksomhet, jf. forslag til vedtak.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 77 mill. kroner.

Post 70 Erstatning til valdsoffer, overslagsløyving

Løyvinga på posten dekker erstatning i saker etter valdsoffererstatningslova. Løyvinga på posten er regelstyrt.

Regjeringa foreslår å auke løyvinga med 50 mill. kroner som følgje av at det er venta noko høgare tal på behandla søknader om voldsoffererstatning i 2020.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 359,6 mill. kroner.

Kap. 3473 Statens sivilrettsforvaltning

(i 1 000 kr)

Post

Betegnelse

Regnskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Diverse inntekter

319

5

5

Sum kap. 3473

319

5

5

Post 01 Diverse inntekter

Inntektene på posten er refusjonar som skal dekke utgifter Den rettsmedisinske kommisjon har i samband med kurs og eventuelle andre inntekter.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 5 000 kroner.

Kap. 474 Konfliktråd

(i 1 000 kr)

Post

Betegnelse

Regnskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Driftsutgifter

121 764

139 266

139 495

60

Tilskudd til kommuner, kan overføres

19 268

19 808

13 202

70

Tilskudd

11 800

14 142

21 921

Sum kap. 0474

152 832

173 216

174 618

Det overordna målet for konfliktråda er å bidra til å redusere alvorleg kriminalitet og å styrke førebygginga av kriminalitet gjennom bruk av gjenopprettande prosessar. Gjennom dialog kjem partane fram til løysingar som kan bidra til at dei kjem vidare i liva sine. Slike prosessar kan nyttast i straffesakskjeda som eigen strafferettsleg reaksjon på påtalestadiet og domsstadiet, som deldom eller som ledd i ei straffegjennomføring. Konfliktråd er òg ein enkel og effektiv måte å løyse sivile konfliktar på.

1 Fleire og meir komplekse saker

Konfliktråda tok imot 7 853 saker i 2018. Dette er ein auke på 2 pst. frå 2017. Av desse var 3 559 straffesaker og 2 276 sivile saker. I tillegg fekk konfliktråda 1 444 bortlagde straffesaker, 527 saker der ungdom er dømde til eller pålagde ungdomsstraff eller ungdomsoppfølging og 47 saker med oppfølging i konfliktråd. Den totale mengda saker er relativt stabil over tid, men sakene er stadig meir alvorlege, kompliserte og arbeidskrevjande. Det er over tid færre saker med utgangspunkt i vinningskriminalitet, mens det er fleire saker med vald, truslar, krenking og seksuallovbrot. Vi viser også til omtalen av auken i talet på saker med ungdomsstraff og ungdomsoppfølging, jf. punkt 2.

I brukarundersøkingar gir partane uttrykk for at dei er nøgde med behandlinga dei har fått, og det store fleirtalet vil tilrå andre å nytte konfliktrådet. Dei fleste avtalane mellom partane blir overhaldne.

Figur 2.26 Tal på saker i konfliktråda 2014–2018

Figur 2.26 Tal på saker i konfliktråda 2014–2018

2 Auke i talet på saker med ungdomsstraff og ungdomsoppfølging

Konfliktråda har ansvaret for gjennomføringa av straffereaksjonane ungdomsstraff og ungdomsoppfølging som rettar seg mot ungdom mellom 15 og 18 år som har utført alvorlege og/eller gjentekne kriminelle handlingar. Ungdomsstraff erstattar fengselsstraff og det øvre sjiktet av samfunnsstraff. Ungdomsoppfølging rettar seg mot dei som har gjort mindre alvorlege lovbrot. Kvar enkelt ungdom blir tett følgd opp av eit tverrfagleg team etter ein individuelt tilpassa ungdomsplan.

Etter lengre tid med nedgang i ungdomskriminaliteten ser vi no ein auke. Samstundes er det utfordringar i samband med at unge blir rekrutterte til kriminelle miljø i enkelte delar av Oslo. Politiet og konfliktråda rapporterer om svært belasta ungdom som krev tett oppfølging, og der rask reaksjon ved lovbrot er vesentleg for å få til positive åtferdsendringar.

Konfliktråda har kvart år teke imot fleire saker der ungdom er dømde til eller pålagde ungdomsstraff eller ungdomsoppfølging. I 2018 fekk konfliktråda 55 saker til ungdomsstraff og 472 til ungdomsoppfølging. Dette er ein auke på 25 pst. sidan 2017. Delen ungdom som fullfører ungdomsstraff og ungdomsoppfølging, har auka frå 56 pst. i 2015 til 69 pst. i 2018.

Nordlandsforsking har gjennomført ei følgjeevaluering av dei nye straffereaksjonane ungdomsstraff og ungdomsoppfølging. Sluttrapporten viser at mange ungdommar får god hjelp, men òg at det er nokre ting som kan forbetrast. Det tek for lang tid frå ungdommen gjer eit lovbrot, til straffegjennomføringa startar. Det er òg eit forbetringspotensial når det gjeld innhald i ungdomsplanane og tilgangen på nødvendige tiltak lokalt. Det er eit felles ansvar for mange ulike kommunale og statlege tenester å følgje opp ungdommen.

Sjølv om prosentdelen som gjennomfører ungdomsstraff og ungdomsoppfølging aukar, ser vi òg at tilbakefallsprosenten aukar. At ungdom vender tilbake til kriminalitet, kan ha mange ulike årsaker og må studerast nærmare. Det kan ha å gjere med kjenneteikn ved ungdommane, men òg med dei tiltaka som er sette i verk i gjennomføringa. Sekretariatet for konfliktråda og Politidirektoratet er i gang med analysar for å finne årsaker til og nødvendige tiltak for å redusere tilbakefall. Førebelse undersøkingar viser at ungdommane har store og samansette utfordringar. Dei kan sjølv vere utsette for lovbrot og ha rusproblem. Ofte er det grunna rusrelaterte lovbrot at dei er pålagde ungdomsstraff eller ungdomsoppfølging, og som òg er årsaka til tilbakefallet.

For å betre kvaliteten i gjennomføringa av ungdomsreaksjonane er det sett i verk ei rekkje tiltak i konfliktråda. Det er bl.a. sett i verk tiltak for å redusere tida frå ungdommen gjer eit lovbrot, til straffegjennomføringa startar. Dette arbeidet vil halde fram. Departementet vurderer endringar i konfliktrådslova for å forbetre kvaliteten i gjennomføringa ytterlegare med tanke på å førebyggje ny kriminalitet og å hjelpe ungdommen til eit betre liv.

I 2019 vart det løyvd 16 mill. kroner til styrking av konfliktråda som ei særskild satsing mot ungdomskriminalitet og kriminelle miljø. Desse midlane var del av ei pakke på totalt 50 mill. kroner, der det òg er foreslått ei styrking av barnevernet i Oslo og politiet. Formålet var raskare og tettare oppfølging av unge som har gjort alvorleg eller gjentakande kriminalitet, bl.a. styrking av arbeidet konfliktråda gjer med førebuing og gjennomføring av ungdomsstraff og ungdomsoppfølging. Vidare skal den samla satsinga bidra til sterkare førebyggjande innsats frå politiet gjennom sterkare nærvær i utsette område i Oslo og tettare samarbeid mellom dei ulike aktørane i det kriminalitetsførebyggjande arbeidet. Det er tilsett fleire medarbeidarar i organisasjonen for å auke kvaliteten i oppfølginga av ungdom som er pålagde ungdomsstraff eller ungdomsoppfølging. Dei kontora som hadde store kapasitetsutfordringar, er styrkte. Formålet er raskare og tettare oppfølging av unge som har gjort alvorleg eller gjentakande kriminalitet. Det er lagt til grunn at løyvinga på 16 mill. kroner førast vidare i 2020.

3 Effektivisering og digitalisering

Det er framleis store variasjonar mellom konfliktråda. Nokre kontor har fleire saker, andre færre, og det varierer frå det eine året til det andre. Når det gjeld ungdomsstraff og ungdomsoppfølging, har enkelte kontor kapasitetsutfordringar. Dette kan gå ut over kvaliteten i gjennomføringa. Sakene er arbeidskrevjande for ungdomskoordinatorane, som gjer mykje av oppfølgingsarbeidet med ungdommane.

Saksbehandlinga i konfliktråda er ein arbeidsintensiv prosess som blir utført lokalt i form av manuelle prosessar og registreringar. Vidare er saksflyten mellom kontora og meklarane manuell og papirbasert med ein viss risiko knytt til tryggleik og personvern.

Sjølv om konfliktråda får fleire komplekse og alvorlege saker enn tidlegare, kan dei likevel nyttast i fleire saker. Framleis er det mange som ikkje kjenner til tenestene til konfliktråda. Arbeidet med å gjere tenestene til konfliktråda betre kjende er kontinuerleg og tidkrevjande.

Totalt har konfliktråda rundt 125 tilsette fordelte på Sekretariatet for konfliktråda og dei lokale kontora. Mange av kontora har berre éin koordinator, og over halvparten av kontora har mellom to og fire tilsette totalt, inkludert leiar. Små einingar er sårbare og i mindre grad i stand til å behandle store variasjonar i saksmengd og sakstypar. For å løyse utfordringane i framtida, betre nå brukarane og utvikle organisasjonen og tenestene er det sett i verk endringar i konfliktråda. For å styrke fagmiljøa og gjere kontora mindre sårbare er talet på konfliktråd redusert frå 22 til 12. Dette inneber at konfliktråda er organisert etter same geografiske inndeling som politidistrikta. Alle dei 22 kontora blir oppretthaldne som i dag, med same geografisk plassering og tilgjengelegheit for publikum. I nokre distrikt vil to eller tre kontor innanfor det same politidistriktet ha felles leiing.

Saman med digitaliseringsprosjektet som blir gjennomført i perioden 2018–2019, vil dette gjere konfliktråda betre rusta for å møte fleire og meir komplekse saker. Saksbehandlinga og samhandlinga internt og med samarbeidspartnarar vil bli digitalisert.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga skal gå til drift av 22 konfliktråd og til drift av Sekretariatet for konfliktråda (Sfk). Samla utgjorde bemanninga i konfliktråda 122 årsverk per 1. juli 2018.

Regjeringa foreslår å redusere løyvinga med 2,2 mill. kroner knytt til realisering av gevinstar frå digitaliseringa av saksbehandlinga for konfliktråda. Vidare er det foreslått å redusere løyvinga med 1,3 mill. kroner i samband med redusert behov til løyving til digitaliseringsprosjektet i 2020. Det blir foreslått å auke løyvinga med 1,1 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon under kap. 440, post 01, i samband med flytting av oppgåver frå Justis- og beredskapsdepartementet til Sekretariatet for konfliktråda. Vi viser til omtale under kap. 440, post 01. Vidare blir det foreslått å redusere løyvinga med 21 000 kroner i samband med finansiering av JustisCert i 2020.

Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2020 får fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 474, post 01, mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3474, post 02, jf. forslag til vedtak.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 139,5 mill. kroner.

Post 60 Tilskudd til kommuner, kan overførast

Løyvinga skal gå til tilskot til kommunar til samordning av lokale rus- og kriminalitetsførebyggjande tiltak (SLT) og til tilskotsordninga for førebygging av radikalisering og valdeleg ekstremisme som Sfk forvaltar.

Regjeringa har avgjort at Justisdepartementets tilskotsordning for samordning av lokale kriminalitetsførebyggjande tiltak (SLT) i kommunane skal innlemmast i rammetilskotet til kommunane frå og med 2020. Det blir derfor foreslått å redusere løyvinga med 6,3 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke på kap. 571 Rammetilskudd til kommuner. Vi viser til omtale under Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Regjeringa har vidare bestemt at det skal etablerast ein tverrfagleg ressurs- og rettleiingsfunksjon for fagfeltet radikalisering hos de regionale ressurssentrene om vold, traumatisk stress og selvmordsforebygging (RVTS), og at det skal finansierast gjennom omdisponering av Justisdepartementets gjeldande budsjettrammer. Det blir derfor foreslått å redusere løyvinga med 0,9 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke på kap. 765 Psykisk helse og rusarbeid, post 75 Vold og traumatisk stress. Det blir vist til omtale under Helse- og omsorgsdepartementet.

Det blir foreslått ei løyving på 13,2 mill. kroner.

Post 70 Tilskudd

Løyvinga skal gå til tilskot for arbeid mot vald i nære relasjonar som Sfk forvaltar. Frå og med 2019 vil òg tilskotsordninga for kriminalitetsførebyggjande tiltak bli forvalta av Sfk. Det blir derfor foreslått å auke løyvinga med 7,4 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 440, post 01. Det blir vist til omtale under programkategori 06.40.

Det blir foreslått ei løyving på 21,9 mill. kroner.

Kap. 3474 Konfliktråd

(i 1 000 kr)

Post

Betegnelse

Regnskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

02

Refusjoner

1 500

701

723

Sum kap. 3474

1 500

701

723

Inntektene på posten er refusjonar som skal dekke utgiftene konfliktråda har i samband med kurs og konferansar. Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2020 får fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 474, post 01, mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3474, post 02, jf. forslag til vedtak.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 0,7 mill. kroner.

Kap. 475 Bobehandling

(i 1 000 kr)

Post

Betegnelse

Regnskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Driftsutgifter

115 595

104 851

148 999

21

Spesielle driftsutgifter, kan overføres

4 874

7 620

7 825

Sum kap. 0475

120 469

112 471

156 824

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på kapittelet dekker statens ansvar for utgifter til konkursbehandling i tilfelle der buet eller den som ber om konkurs (rekvirenten) ikkje dekker utgiftene. Dette er regelstyrte utgifter etter konkurslova § 73.

Det blir foreslått å auke løyvinga med 43 mill. kroner som følgje av ein monnaleg auke i tvangsavviklingar, konkursbehandlingar og andre konkurssaker.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 149 mill. kroner.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Løyvinga på posten skal dekke utgifter til Justis- og beredskapsdepartementets særskilde garantiordning.

Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet under garantiordninga får fullmakt til å pådra staten forpliktingar med inntil 10 mill. kroner utover gitt løyving over kap. 475, post 21 slik at den totale ramma for nye tilsegn og gammalt ansvar ikkje overstig 33 mill. kroner, jf. forslag til vedtak.

Vidare blir det foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2020 får fullmakt til å nettoføre som utgiftsreduksjon over kap. 475, post 21 inntekter under garantiordninga som er betalte tilbake, jf. forslag til vedtak. Slik betaling tilbake skjer når buet får inn pengar etter at tingretten har betalt ut garantibeløp til bustyrer.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 7,8 mill. kroner.

Programkategori 06.80 Svalbardbudsjettet

Utgifter under programkategori 06.80 fordelt på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Betegnelse

Regnskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

Pst. endr. 19/20

50–59

Overføringer til andre statsregnskaper

340 829

360 484

375 808

4,3

Sum kategori 06.80

340 829

360 484

375 808

4,3

Utgifter under programkategori 06.80 fordelt på kapitler

(i 1 000 kr)

Kap.

Betegnelse

Regnskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

Pst. endr. 19/20

480

Svalbardbudsjettet

340 829

360 484

375 808

4,3

Sum kategori 06.80

340 829

360 484

375 808

4,3

Kap. 480 Svalbardbudsjettet

(i 1 000 kr)

Post

Betegnelse

Regnskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

50

Tilskudd

340 829

360 484

375 808

Sum kap. 0480

340 829

360 484

375 808

Post 50 Tilskot

Tilskotet går til dekning av underskotet på svalbardbudsjettet.

Programkategori 06.90 Beskyttelse og innvandring

Utgifter under programkategori 06.90 fordelt på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Betegnelse

Regnskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

Pst. endr. 19/20

01–25

Driftsutgifter

2 217 886

1 874 068

1 980 706

5,7

30–49

Nybygg, anlegg m.v.

88 429

118 028

66 972

-43,3

60–69

Overføringer til kommuner

199 055

138 354

163 510

18,2

70–89

Overføringer til private

214 619

189 814

253 246

33,4

Sum kategori 06.90

2 719 989

2 320 264

2 464 434

6,2

Utgifter under programkategori 06.90 fordelt på kapitler

(i 1 000 kr)

Kap.

Betegnelse

Regnskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

Pst. endr. 19/20

490

Utlendingsdirektoratet

2 401 832

2 020 312

2 166 493

7,2

491

Utlendingsnemnda

318 157

299 952

297 941

-0,7

Sum kategori 06.90

2 719 989

2 320 264

2 464 434

6,2

1 Innleiing

Programkategorien omfattar utforming og iverksetjing av innvandrings-, asyl- og flyktningpolitikk som Justis- og beredskapsdepartementet har ansvar for, med unntak av oppgåver som høyrer til ansvarsområdet til politiet. Kategorien omfattar bl.a. utvikling og forvaltning av utlendingslovgivinga, drift av asylmottak, tiltak for assistert retur og drift av Utlendingsdirektoratet (UDI) og Utlendingsnemnda (UNE). Departement med særleg ansvar innanfor utlendingsforvaltninga i tillegg til Justis- og beredskapsdepartementet er Arbeids- og sosialdepartementet (arbeidsinnvandring og all innvandring frå EØS-land), Barne- og familiedepartementet (omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkarar under 15 år), Kunnskapsdepartementet (busetjing, statsborgarskap og samordning av integreringspolitikken) og Utanriksdepartementet (utanriksstasjonar). Ansvaret for den konkrete gjennomføringa ligg hos UDI, UNE, Utlendingsforvaltningas fageining for landinformasjon (Landinfo), politiet, utanrikstenesta, Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) og Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi). Politiet sine oppgåver med utlendingskontroll og gjennomføring av returar m.m. er nærmare omtalte under programkategori 06.40. Justis- og beredskapsdepartementet har ifølgje kgl.res. av 18. desember 2009 også det overordna ansvaret for å utforme og samordne statens flyktning- og innvandringspolitikk.

Dei største utgiftspostane under programkategori 06.90 er knytte til drift av mottak for asylsøkarar (kap. 490, post 21), økonomiske ytingar til bebuarar i mottak (kap. 490, post 70), tilskot til vertskommunar for asylmottak (kap. 490, post 60) og drift av UDI og UNE (kap. 490, post 01 og 22 og kap. 491, post 01 og 21). Behovet for løyvingar på feltet er i stor grad avhengig av kor mange personar som søker asyl, andre opphaldsløyve og arbeid i Noreg. I regjeringas forslag blir det til dømes foreslått å løyve om lag 900 mill. kroner knytt til asylmottak (kap. 490, post 21, 60, 70 og 71) i 2020. Til samanlikning ble det nytta om lag 6,4 mrd. kroner på disse postane i 2016, som følje av dei store innkomstane av asylsøkarar i 2015. Ved fortsatt låge innkomstar av asylsøkarar framover, vil det bli vurdert ytterlegere nedbygging av mottakskapasitet.

Migrasjonskjeda består av organa med ansvar for prosessen frå ein person søker om opphaldsløyve eller vern i Noreg, til opphald er gitt, busetjing og deltaking i arbeids- og samfunnsliv, eller avslag og eventuelt retur til heimlandet eller trygt tredjeland for dei som har søkt frå Noreg. Justis- og beredskapsdepartementet har ansvar for etatsstyringa, regelverksutvikling og returarbeid. Kunnskapsdepartementet har hovudansvaret for busetjingsarbeidet og regelverkutviklinga på statsborgarområdet. UDI behandlar søknader etter utlendingslova og statsborgarlova samt klagar på vedtak gjort av utanriksstasjonane og politiet. UDI forvaltar òg mottaksapparatet for asylsøkarar og har eit operativt ansvar for assisterte returar. UNE er klageinstans for vedtak UDI har gjort i førsteinstans.

Sjå omtalen av hovudutfordringar og hovudmål for migrasjonskjeda under del I. Desse hovudmåla er knytte til programkategori 06.90:

  • få asylsøkarar utan behov for vern

  • rask retur av personar utan lovleg opphald

  • få personar skal ha opphald med feil identitet eller på feil grunnlag

Få asylsøkarar utan behov for vern

Eit høgt tal asylsøkarar fører til høge offentlege utgifter og set det norske asylsystemet og den norske velferdsmodellen under press. Søknader frå personar som ikkje har reelt behov for vern, fører både til høgare utgifter for staten og til at det blir færre ressursar å bruke på menneske i nød, då ein stor del av utgiftene knytte til asylsøkarar blir finansiert over bistandsramma.1 Det er derfor eit mål at så få som mogleg skal komme som asylsøkarar til Noreg utan at dei har behov for vern. I tillegg er det viktig at utlendingsmyndigheitene vurderer å kalle tilbake opphaldsløyve når personar ikkje lenger har behov for vern.

Rask retur av personar utan lovleg opphald

Utlendingar som ikkje har lovleg opphald i Noreg, har plikt til å forlate landet (utreiseplikt). Rask retur er viktig for å ta vare på tilliten til asylinstituttet, motarbeide kriminalitet og redusere offentlege kostnader. Til dømes bidrar retur til kortare opphaldstid i mottak. Rask retur kan gjennom signaleffektar òg bidra til å redusere talet på asylsøkarar ved at færre personar utan reelt behov for vern reiser til Noreg.

Retur er òg viktig av omsyn til den enkelte med utreiseplikt som oppheld seg ulovleg i Noreg. Personar med utreiseplikt lever på sida av det norske samfunnet og er derfor meir utsette for utnytting, for å bli dratt inn i kriminalitet eller for å bli radikaliserte. Eit liv utan lovleg opphald er belastande sosialt og for helsa, særleg for barn.

Dei som får endeleg avslag på søknad om opphald, får ein frist til å forlate landet, normalt tre veker. Vedkommande kan rette seg etter dette ved å returnere til heimlandet innan denne fristen, anten på eiga hand (sjølvorganisert retur) eller med hjelp frå norske styresmakter (assistert retur). Dersom utlendingen ikkje vel verken sjølvorganisert eller assistert retur innan fristen, kan politiet gjennomføre tvangsretur. Arbeidet med tvangsreturar er omtalt under programkategori 06.40.

Få personar skal ha opphald med feil identitet eller på feil grunnlag

Dei siste åra er det blitt retta meir merksemd mot å avklare rett identitet for personar som søker om opphaldsløyve, så tidleg som mogleg, og om dokumenta dei legg fram er ekte. Betre ID-arbeid har ført til at utlendingsmyndigheitene har avdekt at fleire personar har opphaldsløyve basert på feil identitet. På same tid har det blitt oppdaga at personar har fått opphald basert på andre urette opplysningar. Justis- og beredskapsdepartementet har derfor f.o.m. budsjettåret 2019 endra målet «raskare avklaring av identitet» til «få personar med opphald med feil identitet eller på feil grunnlag». Vi viser til nærmare omtale av resultata knytte til identitetsarbeid under programkategori 06.40.

1.1 Internasjonalt samarbeid

Regjeringa skal aktivt fremme norske interesser i prosessane innan FN og EU der rammene for samarbeid om handteringa av flukt og migrasjon blir diskuterte. Nokre av utfordringane kan bli løyste ved nasjonal regulering, men fordi migrasjonen er internasjonal, må Noreg i stor grad finne løysingar saman med andre.

I 2018 vart det fleirtal i FN for å anerkjenne to globale plattformer for handtering av dei store utfordringane med flukt og migrasjon. Plattformene er ikkje rettsleg bindande, og dei søker ikkje å skape ny folkerettsleg sedvane. For flyktningplattforma er betre handtering av flyktningar i nærområda ei hovudsatsing, og særleg at landa der treng meir støtte frå det internasjonale samfunnet. Noreg har støtta denne tilnærminga. Overføring av flyktningar frå vertsland med store flyktninggrupper til varig vern/opphald i tredjeland er òg eit viktig element. Flyktningplattforma har som mål at fleire land skal bidra med overføring av flyktningar og at det skal bli fleire kvoteplassar. Noreg har i dag ei kvote på 3 000 plassar. Dette er meir per capita enn dei fleste andre land. Det har vore ein sentral norsk posisjon i arbeidet med Flyktningplattforma å oppmode fleire land om å bidra. Det blir ikkje lagt opp til å auke talet på plassar på den norske kvoten, men å vidareføre nivået på 3 000 plassar i 2020. Flyktningplattforma vil bl.a. bli følgd opp gjennom eit globalt flyktningforum på ministernivå, som skal ha sitt første møte i desember 2019 og deretter kvart fjerde år. Annakvart år blir det administrative høgnivåmøte. For migrasjonsplattforma er eit hovudmål å styrke det internasjonale samarbeidet for å gjere migrasjonen meir ordna. Dette må etter norsk og europeisk syn innebere at kvart enkelt land har rett til sjølv å avgjere kven som har rett til innreise og opphald, og må omfatte sterkare samarbeid om retur og plikt til å ta tilbake dei som ikkje får opphald i andre land. Plattforma har også som mål at landa skal ha gode og fleksible reglar for lovleg migrasjon. I Noreg har vi slike regler, og det er ikkje aktuelt å liberalisere disse som følgje av vår tilslutning til plattforma. Etter mellomstatlege forhandlingar ble det etablert ein oppfølgingsmekanisme i 2019. Den første regionale oppfølgingskonferansen blir arrangert i 2020.

1.1.1 Samarbeid med transitt- og opphavsland om retur

Utanriksdepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet samarbeider tett for å styrke samarbeidet om retur og migrasjon med sentrale transitt- og opphavsland. Eit viktig verkemiddel er å bruke Noregs posisjon, bl.a. som bistandsgivar, for å få på plass fleire returavtalar og arbeide for ei samordna tilnærming til migrasjonsutfordringane gjennom dialog og tiltak overfor slike land. Utanriksdepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet har utvikla felles landstrategiar for retur til særleg utfordrande opphavsland. Resultatet av landstrategiane er at det er gjort viktige gjennombrot med enkelte opphavsland gjennom å integrere retur i det bilaterale samarbeidet Noreg har med aktuelle land. Dei felles landstrategiane for retur til særleg utfordrande opphavsland vart reviderte i 2019 og gjeld ut 2020. Regjeringa arbeider også med returavtalar med land utover landstrategiane.

Departementet arbeider med å få til betre ordningar for retur og for velordna og trygg internasjonal migrasjon gjennom å gi tilskot til internasjonale organisasjonar og tiltak i land som inngår returavtalar med Noreg, og i land Noreg har migrasjonssamarbeid med. I 2018 tildelte Justis- og beredskapsdepartementet nærmare 30 mill. kroner i tilskot, sjå nærmare omtale under kap. 490, post 72.

Regjeringa vil halde fram arbeidet med å sikre ei samordna tilnærming til migrasjon og retur. Dette inkluderer å vidareføre landstrategiar for retur, og styrkt samarbeid med viktige opphavsland for å få til fleire returavtalar eller -ordningar for å sikre effektiv retur av personar utan lovleg opphald.

Regjeringa arbeider med å leggje til rette for retur til opphavslandet av einslege mindreårige utan behov for vern. Det omfattar å vurdere alternative løysingar for omsorg dersom det ikkje er mogleg å spore opp familiane til dei mindreårige. Det blir i første rekkje arbeidd med eit tilbod i Afghanistan.

Per juni 2019 har Noreg 14 spesialutsendingar for utlendingssaker i viktige transitt- og opphavsland. Stillingane blir dekte av Utanriksdepartementet, jf. Prop. 1 S (2019–2020) for dette departementet. Formålet med desse stillingane er å hjelpe utlendingsforvaltninga med spørsmål som gjeld fastsetjing av identitet og gjennomføring av returar. Spesialutsendingane bidrar òg til dialog og samarbeid over tid med opphavslanda. Talet på spesialutsendingar skal vidareførast i 2020.

1.1.2 Samarbeid med EU på returfeltet

Noreg er knytt til EUs retursamarbeid, bl.a. gjennom Schengen-samarbeidet. EU har utvida samarbeidet med både transitt- og opphavsland om retur og har styrkt det operative retursamarbeidet. Regjeringa støttar opp om ei slik tilnærming. Det bidrar til å oppretthalde asylinstituttet og avgrense talet på asylsøkarar i Europa utan behov for vern. Regjeringa vil òg at Noreg skal kople seg tett til EUs returavtalar og -ordningar der dette er naturleg. Styrkinga av mandatet til Frontex på returområdet er viktig for å sikre ein effektiv returpolitikk i heile Schengen-området. Noreg tek også aktivt del i forhandlingar om returdirektivet. Regjeringa støttar EUs kopling av returarbeid til visumpolitikk, slik at manglande samarbeid om retur kan resultere i innstrammingar i visumprosedyrane hos alle EU/Schengen-land.

Justis- og beredskapsdepartementet tar sikte på å forskriftsfeste ordninga med tilskot til assistert retur i løpet av 2019. Dette vil føre til eit tydelegare regelverk som er enklare å forstå både for dei som søker, og for dei som behandlar søknaden om assistert retur. Regjeringa varsla i samband med revidert nasjonalbudsjett 2019 at det ville bli gjort endringar i tilskotet til assistert retur som medfører lågare satsar som grunnlag for utbetalinga til assisterte returar i 2019, jf. Prop. 114 S (2018–2019). Etter ei ny vurdering er satsane likevel vidareført på sama nivå som tidligare.

Dei aller fleste asylsøkarane kjem til Noreg etter å ha reist gjennom andre europeiske land. Regjeringa støttar europeiske tiltak på asylfeltet, basert på enkle, føreseielege og effektive rettsreglar, og ei reform av EUs rettsakter som søker å førebyggje ukontrollerte sekundærrørsler og sikre jamnare fordeling av asylsøkarar i Europa. Dublin-samarbeidet er her sentralt. Ei slik støtte til europeiske tiltak skaper òg forventningar om at Noreg bidrar aktivt til tiltak på migrasjonsfeltet på europeisk nivå.

Dublin-forordninga slår fast kva for land innanfor Dublin-samarbeidet som har ansvaret for å behandle ein søknad om vern (asyl). I 2016 la Europakommisjonen fram forslag til endringar i både Dublin- og Eurodac-forordninga, som ledd i ei større reform av det felleseuropeiske asylsystemet (CEAS). Det er utfordrande å bli samde om eit revidert regelverk, bl.a. fordi forslaget inneheld ein mekanisme for fordeling av asylsøkarar mellom land i Dublin-samarbeidet. Det er usemje om slik fordeling skal være obligatorisk, eller om ein òg skal kunne bidra på anna vis. Regjeringa er positiv til norsk deltaking i eit framtidig Dublin-samarbeid og er i utgangspunktet positiv til ein permanent fordelingsmekanisme mellom alle europeiske land. Det er uvisst korleis den framtidige Dublin-forordninga vil bli. Regjeringa vil først ta endeleg stilling når det er oppnådd semje i EU om nye Dublin-reglar. For å hindre sekundærrørsler av asylsøkarar i Europa er Noreg tent med eit harmonisert regelverk. Revisjonen av dei andre delane av asylregelverket kan påverke Noreg indirekte gjennom domstolsavgjerder eller gjennom anna praksis- og regelverksutvikling.

Europakommisjonen har vidare lagt fram eit forslag om endringar i EUs asylbyrå, European Asylum Support Office (EASO), der Noreg deltek. Formålet er å styrke byrået si evne til å bidra til at asylsystemet i Europa fungerer betre, og til å kunne hjelpe i situasjonar med høgt migrasjonspress i landa. Dette skal byrået bl.a. gjere ved å leggje til rette for gjennomføringa av CEAS. Byrået skal òg bli betre i stand til å gi operasjonell og teknisk assistanse til landa, bl.a. ved å sende ekspertar til utvalde land. Det er usikkert når det reviderte regelverket vil bli vedteke. Endringane vil ha konsekvensar for Noregs deltaking i byrået, også økonomiske konsekvensar, når forslaget blir vedtatt.

Norske styresmakter vil framleis hjelpe europeiske land som har særleg migrasjonspress. Noreg har gjennom EØS-midlane sidan 2012 brukt i overkant av 200 mill. kroner på å styrke Hellas på asyl- og migrasjonsfeltet, inkludert mottak og asylsaksbehandling. Støtta til Hellas vil halde fram i inneverande periode (2014–2021) med 33 mill. euro. I tillegg vil EØS-midlar bli brukte på asyl- og migrasjonsfeltet i Romania og Bulgaria, med 5 og 5,9 mill. euro. Vi viser til omtalen av EØS-midlane i Prop. 1 S (2019–2020) for Utanriksdepartementet. I tillegg støttar vi europeiske land ved å sende ut ekspertar gjennom asylbyrået EASO.

1.1.3 Samarbeid med FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR) – kvoten for overføringsflyktningar

Regjeringa vil at Noreg skal halde fram med å ta ein del av ansvaret for flyktningar i verda. Noreg bidrar med å ta imot flyktningar på ein årleg kvote i tett samarbeid med UNHCR. Formålet er å gi vern til særleg utsette flyktningar, gi ei varig løysing for flyktningar utan utsikt til andre løysingar og bidra til ansvars- og byrdedeling med aktuelle vertsland med store flyktninggrupper. Dette er i tråd med den globale flyktningplattforma.

Regjeringa meiner at talet på kvoteplassar skal sjåast i samanheng med talet på asylsøkarar og andre innvandrings- og integreringsutfordringar i Noreg, og eventuell relokalisering av asylsøkarar frå EU. På grunn av det låge talet på asylsøkarar og den forventa nedgangen i familieinnvandringa foreslår regjeringa å vidareføre kvoten på same nivå som i 2019 med 3 000 plassar. Dette er fleire per capita enn dei fleste andre land.

Justis- og beredskapsdepartementet fastset årleg, i samråd med Utanriksdepartementet og Kunnskapsdepartementet, kva for flyktninggrupper som skal bli prioriterte i kvoten. Kvoten blir vurdert fleksibelt i treårsperiodar. Plassar som ikkje blir nytta eitt år, kan overførast til neste år, og omvendt, innanfor perioden. 2020 er det andre året i gjeldande treårsperiode. Sjå nærmare omtale av kvota for overføringsflyktningar under kap. 490 Utlendingsdirektoratet.

1.2 Talet på asylsøkarar og migrasjonspotensialet

Talet på asylsøkarar og irregulære migrantar til Europa totalt sett har vore nokså stabilt sidan hausten 2016.

Det lågare talet på asylsøkarar og irregulære migrantar heng blant anna saman med tiltak som er sette i verk på yttergrensa, europeisk samarbeid med naboland og samarbeid med tredjeland. Blant anna har samarbeid mellom EU og Tyrkia og land på Vest-Balkan om migrasjonskontroll ført til at færre asylsøkarar er komne til Europa. Betre registrering av personar som kjem over yttergrensene til Schengen-området, og bruk av personkontroll på nokre av dei indre grensene mellom Schengen-land har ført til at færre av dei som er komne til Europa, kjem vidare til Noreg.

Det er framleis ikkje alle migrantar som kjem til Europa, som blir registrerte og identifiserte i det første landet dei kjem til. Det er behov for ytterlegare styrking av registreringsarbeidet langs yttergrensene, og det er forventa at Noreg bidrar i dette arbeidet. Vidare kjem ein del av asylsøkarane regulært til Europa med ordinære transportmiddel og har reisedokument. Ein må rekne med at nokre av desse søker asyl, men visumpraksis må vurderast nærmare dersom dette gjeld mange frå visse land. Andre reiser inn med falske eller stolne reisedokument. Dette viser at det er behov for god dokumentkontroll.

Det er altså gjort mange grep for å kontrollere den irregulære migrasjonen, men dette er ein skjør situasjon som kan endre seg raskt. For å oppretthalde best mogleg kontroll er det nødvendig at fleire land held fram med tiltak for å hindre irregulær migrasjon. Dersom andre europeiske land og land i naboregionane skal oppretthalde tiltak, er det viktig at andre land, inkludert Noreg, òg tek del i dette arbeidet.

Talet på personar som søker asyl i Noreg, har dei siste åra vore lågt. Figuren under viser små endringar i nivået på talet asylsøknader frå 2016. Det ser ut til at talet på asylsøkarar vil halde seg på eit lågt nivå òg i 2019. Per første halvår var det registrert 982 asylsøkarar. Det er forventa at det vil komme mellom 2 000 og 5 000 asylsøkarar til Noreg i 2019, og prognosen som ligg til grunn for løyvingsforslaga, er 3 000 i 2019 og i 2020.

Det er lite truleg med ein stor auke i talet på asylsøkarar til Noreg på kort sikt dersom dei iverksette tiltaka held fram. Dette gjeld samarbeidet mellom EU og viktige naboland i aktuelle regionar, indre grensekontroll i Schengen, grensekontroll mellom aktuelle europeiske land og innstrammingstiltak i Noreg. Det er likevel krevjande å anslå talet på asylsøkarar til Noreg. Den kraftige auken hausten 2015 viser at situasjonen kan endre seg raskt. Faktorar som kan spele inn, er konfliktar og mangel på stabilitet i ei rekkje land, fattigdom og demografisk utvikling. Talet på flyktningar og irregulære migrantar er framleis stort i nærområda til Europa, og migrasjonspotensialet er dermed stort.

Figur 2.28 Asylsøkarar til Noreg 2014–30. juni 2019

Figur 2.28 Asylsøkarar til Noreg 2014–30. juni 2019

1 «Tidsbegrenset oppholdstillatelse til enslige, mindreårige asylsøkere over 16 år som får opphold på grunn av mangel på forsvarlig omsorg ved retur»

Kilde: UDI

Figur 2.29 Asylsøkarar til Noreg samanlikna med EU, 2015–2018

Figur 2.29 Asylsøkarar til Noreg samanlikna med EU, 2015–2018

Kilde: UDI, Eurostat

Figuren over viser at Noregs del av asylsøkarane som kom til land i EU/EFTA, er blitt mindre. Dessutan ligg talet på asylsøkarar per million innbyggjarar i Noreg markert under snittet for EU-landa i 2016–2018, mens det låg over i 2014–2015. Hovudårsaka til at det berre var ein svak nedgang i talet på asylsøkarar per million innbyggjarar i EU frå 2015 til 2016, var at mange av dei som kom i 2015 til store EU-land som Tyskland, ikkje vart registrerte som asylsøkarar før i 2016.

1.3 Regelverksendringar

Ein legg til grunn at gjennomførte innstrammingar i regelverket og signaleffektar av endringane kan ha bidratt til at talet som søker asyl, no er lågt. Vi viser til dei innstrammingane som vart vedtekne av Stortinget ved behandlinga av Prop. 16 L (2015–2016), Prop. 90 L (2015–2016), Prop. 91 L (2015–2016) og Prop. 149 L (2016–2017). Dei hadde som mål å redusere talet på asylsøkarar utan behov for vern og å førebyggje ein ny kraftig auke i talet på asylsøkarar.

Talet på asylsøkarar til Noreg har vore stabilt lågt etter dei høge tala i 2015. Regjeringa følgjer nøye med på det internasjonale migrasjonsbiletet og vil vurdere nye regelendringar når det kan vere formålstenleg.

Ved familieinnvandring til Noreg meiner regjeringa at innvandraren anten må kunne forsørge seg sjølv eller bli forsørgd av den personen vedkommande blir gjenforeint med. Regjeringa vil kjempe mot tvangsekteskap og fleirkoneri og hindre at reglane om familieinnvandring blir undergravne gjennom utnytting. Det vil derfor også i framtida vere behov for å gå gjennom regelverk og praksis og vurdere nye tiltak for å hindre dette.

Tabell 2.16 Familieinnvandringsløyve etter innvandringsgrunnen til familiemedlemmen i Noreg, 2015–30. juni 2019

2015

2016

2017

2018

2019 (jan.–jun.)

Norsk/nordisk

25 %

24 %

19 %

25 %

22 %

Flukt

34 %

40 %

46 %

30 %

26 %

Familie

11 %

12 %

9 %

11 %

10 %

Arbeid

19 %

15 %

17 %

24 %

33 %

Utdanning

7 %

6 %

6 %

8 %

7 %

Andre

4 %

3 %

3 %

3 %

3 %

Total

12 592

15 580

14 432

10 940

5 781

Kilde: UDI

Regjeringa følgjer opp Granavolden-plattformen ved å foreslå å redusere gebyret med 25 pst. for familiegjenforeining med personer med fluktbakgrunn frem til innvilga permanent opphald. Endringa gjeld dei som søker om gjenforeining med familie som var etablert før referansepersonen kom til Noreg, ikkje dei som søker om å etablere seg med ny familie (familietablering). Samstundes har det vist seg å vera grunnlag for andre justeringar i gebyra på utlendingsfeltet, slik at dei dekker dei reelle utgiftene ved å behandle sakane. Gebyra for søknad om arbeid, au pair og permanent oppheld blir foreslått auka, medan gebyret for utdanningsakar blir foreslått redusert, jf. omtale av kap. 3440, post 06.

1.3.1 Avdekking av misbruk og tilbakekall av opphaldsløyve

Regjeringa vil vidareføre arbeidet med å kalle tilbake flyktningstatus og opphaldsløyve når det ikkje lenger er behov for vern, slik flyktningkonvensjonen og utlendingslova opnar for. UDI har halde fram arbeidet med å kalle tilbake opphaldsløyve etter departementets instruks GI-14/2016 (Revidert instruks om tilbakekall av flyktningstatus og oppholdstillatelse når beskyttelsesbehovet er bortfalt, jf. utlendingsloven § 37 første ledd bokstav e og f). UDI hadde ved utgangen av juni 2019 om lag 900 slike saker til behandling. Sidan 2017 og fram til 30. juni 2019 har UDI trekt tilbake 35 opphaldsløyve på dette grunnlaget. I mange saker har det vore grunn til å gi eit nytt opphaldsløyve. UDI har i same periode skrinlagt om lag 400 saker, og i om lag 30 saker har dei gjort vedtak om ikkje å kalle opphaldsløyvet tilbake.

Det er fleire tilfelle av at personar prøver å misbruke asylinstituttet for å få opphald. Til dømes søker personar vern idet dei blir pågripne for kriminelle handlingar. Det er òg eit problem når personar bevisst gir feil informasjon for å få opphald, at asylsøkarar gir urette opplysningar om nasjonalitet og behovet for vern, og at personar opptrer med éin eller fleire falske identitetar, eller at fleire deler same identitet. Familieinnvandringsregelverket blir forsøkt misbrukt ved proformaekteskap, gjennom gjentakande innvandring og ved feil opplysningar om slektskap. For å oppretthalde kontrollen med innvandringa og tilliten til lovgivinga er det viktig at misbruk blir avdekt, og at talet på personar som oppheld seg i Noreg med feil identitet eller på feil grunnlag, blir redusert. Sjå også omtalen under programkategori 06.40 knytt til identitetsarbeid i politiet.

UDI og UNE saksbehandlar grundig for å kunne gjere riktige vedtak. Det er likevel ikkje mogleg å verifisere alle personopplysningar i alle saker. Å kontrollere informasjon og avdekke misbruk er svært ressurskrevjande.

Urette opplysingar blir i mange tilfelle først oppdaga når personar allereie oppheld seg i Noreg og søker om fornya eller permanent opphaldsløyve. Den teknologiske utviklinga og bruk av informasjon frå sosiale medium i saksbehandlinga har gjort det mogleg å avdekke at fleire personar kan ha fått løyve og statsborgarskap basert på feil opplysningar. Regelverket gir i slike tilfelle høve til å kalle tilbake opphaldsløyvet og å fatte vedtak om å vise personen ut av landet. Ved utgangen av 2018 hadde UDI om lag 4 220 tilbakekallssaker til behandling. Dette er ein auke på om lag 600 saker samanlikna frå inngangen til året. I 2018 behandla UDI vidare om lag 800 saker knytt til uriktig identitet og/eller uriktige opplysningar.

Innsatsen for å avsløre personar som har fått opphald i Noreg på falske premissar vil bli styrka i 2020. Vidare vil regjeringa framleis nytte DNA-testing i familiesaker for å sikre at personen som bur i landet, og den som søker om gjenforeining med vedkommande, verkeleg er i slekt. Regjeringa har hatt på høyring eit forslag om meir utstrekt bruk av DNA-testing, og arbeider med ein lovproposisjon.

UDI har sidan 2003 lagra og søkt med biometri (fingeravtrykk) frå asylsøkarar. Eit forslag til endringar i regelverket om at det skal takast fingeravtrykk av alle som søker opphaldsløyve, inkludert dei som søker ved ein norsk utanriksstasjon, er sendt på høyring. Forslaget inneber at fingeravtrykk og ansiktsfoto blir registrerte i utlendingsregisteret, og at det i samband med registreringa kan gjerast søk mot ansiktsfoto som alt er registrerte i pass- og ID-kortregisteret, for å kontrollere om personen er registrert med same eller ein annan identitet. Foto og fingeravtrykk kan også bli kontrollerte mot eventuelle registreringar i foto- og fingeravtrykkregisteret til politiet. Forslaget inneber også at fingeravtrykka til visumsøkarar blir lagra i utlendingsregisteret i tillegg til i Schengen-systemet VIS (der dei alt er lagra). Fingeravtrykka som blir lagra i utlendingsregisteret, vil etter forslaget også kunne bli lagra i lengre tid enn etter gjeldande regelverk. Dette vil styrke identitetsarbeidet.

Regjeringa ønskjer å heve strafferamma – og dermed straffenivået – for ulovleg opphald som finn stad etter at ein utlending har blitt utvist på grunn av pålagd straff eller særreaksjon. Etter gjeldande rett er strafferamma bot og/eller fengsel inntil seks månader. Justis- og beredskapsdepartementet har hatt på høyring eit forslag om å heve strafferamma til bot eller fengsel i inntil to år, slik at tiltaket har større preventiv verknad. Målet er at fleire skal etterleve vedtak om utvising.

2 Budsjettprioriteringar

For 2020 foreslår regjeringa å auke budsjettet under programkategorien med 144,2 mill. kroner. Dette inkluderer lønns- og prisvekst på 61 mill. kroner.

Regjeringa foreslår bl.a. desse prioriteringane i budsjettet for 2020 for programkategori 06.90:

  • løyve 50 mill. kroner til å byggje ned restansar og styrke rettstryggleiken i saker om tilbakekall av statsborgarskap, av dette 21,5 mill. kroner til UDI og UNE

  • vidareføre talet på overføringsflyktningar på 3 000

  • løyve 13 mill. kroner på UDIs budsjett til implementering av nye system for grense- og territorialkontroll (EES og ETIAS)

  • redusert gebyr for familiegjenforeining med person med fluktbakgrunn fram til innvilga permanent opphald

  • leggje til rette for at fleire barn i asylmottak får tilbod om gratis kjernetid eller barnehageplass

Som del av reforma for avbyråkratisering og effektivisering i staten foreslår regjeringa å redusere løyvinga under kategorien med 9,8 mill. kroner.

Kap. 490 Utlendingsdirektoratet

(i 1 000 kr)

Post

Betegnelse

Regnskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Driftsutgifter, kan nyttes under kap. 490, post 45 og post 74

1 010 401

1 034 196

1 012 202

21

Spesielle driftsutgifter, asylmottak

877 322

520 513

643 848

22

Spesielle driftsutgifter, tolk og oversettelse

8 612

14 896

22 083

23

Spesielle driftsutgifter, kunnskapsutvikling , kan overføres

3 394

4 511

4 632

30

Ombygginger, ankomstsenter for asylregistrering og mottak, kan overføres

8 606

64 827

45

Større utstyrsanskaffelser og vedlikehold, kan overføres

79 823

53 201

66 972

60

Tilskudd til vertskommuner for asylmottak

199 055

138 354

163 510

70

Stønader til beboere i asylmottak

109 410

75 378

85 374

71

Veiledning for au pairer

27 064

19 113

8 217

72

Internasjonalt migrasjonsarbeid, og assistert retur og reintegrering i hjemlandet, overslagsbevilgning

46 231

72 069

73 078

73

Beskyttelse til flyktninger utenfor Norge mv., støttetiltak, kan nyttes under kap. 291 post 60

14 849

11 917

21 920

74

Internasjonale forpliktelser, kontingenter mv,, kan overføres

36 424

75

Reiseutgifter for flyktninger til og fra utlandet, kan overføres

17 065

11 337

28 233

Sum kap. 0490

2 401 832

2 020 312

2 166 493

1 Innleiing

UDI skal setje i verk flyktning- og innvandringspolitikken på Justis- og beredskapsdepartementets ansvarsområde. UDIs hovudoppgåver er å behandle søknader etter utlendingslova og statsborgarlova, bl.a. søknader om visum, opphaldsløyve, statsborgarskap og asyl, og å etablere, drifte og leggje ned innkvarteringstilbod til asylsøkarar. UDI skal også gi fagleg baserte bidrag til utviklinga av regelverk og politikk på dette området. UDI skal også bidra til å realisere integreringsmål som ligg under Kunnskapsdepartementets ansvarsområde.

Justis- og beredskapsdepartementet har fastsett mål for migrasjonskjeda, som UDI skal bidra til å oppnå. Som omtalt ovanfor er måla: få asylsøkarar utan behov for vern, rask retur av personar utan lovleg opphald og få personar skal ha opphald med feil identitet eller på feil grunnlag. Det er også ei overordna føring at UDI skal sikre effektiv og forsvarleg saksbehandling, vere open, tilgjengeleg og brukarorientert i verksemda si, og samhandle godt med andre aktørar på feltet.

2 Saksbehandling

For å tilpasse seg situasjonen med få asylsøkarar gjennomførte UDI fleire organisasjonsendringar i 2017 og 2018. 2018 vart eit utfordrande år, der saksbehandlingstida auka i dei fleste sakstypar samanlikna med 2017. Mykje av årsaka til dette var mellombels effektivitetstap ved nedbemanning av saksbehandlarkapasitet og flytting av saksporteføljar. Frå slutten av 2018 sette UDI i verk tiltak for betre måloppnåing, men effekten av tiltaka kom ikkje i tilstrekkeleg grad i 2018. Arbeidet med tiltak som kan bidra til betre resultat, vart forsterka i løpet av våren 2019.

Regjeringa har fremma ein lovproposisjon om tilbakekall av statsborgarskap på grunn av uriktige opplysningar m.m., med utgangspunkt i Stortingets vedtak av 9. mai 2017, jf. Prop. 141 L (2018–2019) og Kunnskapsdepartementets Prop. 1 S (2019–2020). Det blir bl.a. foreslått endringar i statsborgarregelverket slik at forvaltningsbehandlinga blir styrkt med fritt rettsråd og behandling i nemndmøte i UNE med personleg frammøte. Fram til oppfølginga av Stortingets oppmodingsvedtak, er behandlinga av desse sakene sette på vent. Dette har medført at talet på ubehandla saker i forvaltninga har auka. Regjeringa foreslår å løyve samla 50 mill. kroner i 2020 til å gjennomføre dei foreslåtte lovendringane og til å byggje ned talet ubehandla saker, jf. omtale av kap. 490, post 01, og dessutan kap. 410, post 01, kap. 440, post 01, kap. 470, post 01 og kap. 491, post 01 og 21.

2.1 Saksbehandling asylsaker

I 2018 har UDI behandla omtrent like mange saker som det har komme inn, men har ikkje fått redusert talet på eldre søknader som ventar på svar. Samanlikna med 2017 har UDI likevel komme nærmare ambisjonane om at ein økt del av førstegongsvedtak i asylsaker skal behandlast innan 21 dagar. Det er forventa at UDI vil byggje ned talet ubehandla asylsaker i 2019 og 2020.

Figur 2.30 Behandla og ubehandla asylsaker (ekskl. klagesaker), UDI, 2014–30. juni 2019

Figur 2.30 Behandla og ubehandla asylsaker (ekskl. klagesaker), UDI, 2014–30. juni 2019

Kilde: UDI

Figur 2.31 Gjennomsnittleg saksbehandlingstid for realitetsbehandla asylsaker i månader, UDI, 2014–30. juni 2019

Figur 2.31 Gjennomsnittleg saksbehandlingstid for realitetsbehandla asylsaker i månader, UDI, 2014–30. juni 2019

Kilde: UDI

Ein del asylsøknader blir ikkje realitetsbehandla i Noreg, men får avslag etter Dublin-regelverket. Prosentdelen av realitetsbehandla asylsøknader der UDI har gitt løyve, har vore på eit relativt høgt nivå dei siste åra. Dette tilseier at ein større del av dei asylsøkarane som kjem til Noreg, faktisk har behov for vern.

Figur 2.32 Prosentdelen av realitetsbehandla asylsøknader der UDI har gitt løyve, 2014–30. juni 2019

Figur 2.32 Prosentdelen av realitetsbehandla asylsøknader der UDI har gitt løyve, 2014–30. juni 2019

Kilde: UDI

Sjølv om ein ikkje reknar med eit stort tal asylsøkarar, er det framleis uvisst kor mange som likevel kan komme innanfor eit kort tidsrom. Det er nødvendig med god kapasitet til å saksbehandle i den innleiande fasen. All erfaring tilseier at det er særleg viktig å ha kontroll på søkarane i den innleiande innkomstfasen og å ha gode system for å kartleggje identitet og å gjennomføre nødvendige helsetestar. UDI og politiet arbeider med å implementere ny saksflyt for å betre kvaliteten i asylsaksbehandlinga i den innleiande fasen. I den innleiande asylsaksbehandlinga blir oppgåvene delte på ein måte som er meir robust ved store svingingar og massetilkomstar. Samarbeidet mellom etatane vil gi høgare kvalitet i saksbehandlinga, særleg knytt til tidlegare avklaring av identitet og dermed fleire riktige vedtak. Dette vil på sikt kunne føre til at færre personar som søker om vern, får opphald basert på feil grunnlag. Potensielt fleire riktige asylvedtak vil på sikt òg redusere behovet for å opprette tilbakekallssaker i samband med fornya eller permanent opphaldsløyve. Det vil dermed òg gi færre tilfelle der ein gir familieinnvandring til ein referanseperson som ikkje burde ha fått opphald i første omgang. Regjeringa legg opp til å gjere ferdig det nye innkomstsenteret for asylsøkarar i Østfold i 2020, jf. omtalen i kap. 490, post 30.

2.2 Saksbehandling opphaldssaker

I figuren under ser ein utviklinga i ubehandla saker for ulike typar opphaldssaker. I 2018 og 2019 har det vore ein auke i talet på ubehandla saker, og per 30. juni 2019 har UDI 36 600 ubehandla opphaldssaker.2 Flytting av saksporteføljar og omorganisering har kravd kapasitet og gjort at færre saker enn planlagt har blitt behandla. Totalt behandla UDI 76 500 opphaldssaker i 2018 mot om lag 102 100 i 2017. Det er forventa at produktiviteten vil auke.

Figur 2.33 Utvikling i talet på ubehandla saker for ulike typar opphaldssaker, UDI, 2014–30. juni 2019

Figur 2.33 Utvikling i talet på ubehandla saker for ulike typar opphaldssaker, UDI, 2014–30. juni 2019

Kilde: UDI

3 Asylmottak

Mottakstilbodet er differensiert etter behova til utlendingsforvaltninga og mottaksbebuarane. Behovet for innkvartering blir bestemt av talet på asylsøkarar og kor lenge asylsøkarane blir buande i mottaka. Regjeringa ønskjer å bruke mottakssystemet til å fremme integrering for personar som har fått opphaldsløyve, og til å stimulere til retur for personar med utreiseplikt. Regjeringa har derfor etablert integreringsmottak med det formål å leggje til rette for raskare arbeids- og samfunnsdeltaking for nykomne innvandrarar med fluktbakgrunn. Ordninga med integreringsmottak blir følgjeevaluert, og evalueringsrapporten skal vere ferdig i 2019. Sjå nærmare omtale av integreringsmottak i Prop. 1 S (2019–2020) for Kunnskapsdepartementet.

Talet på bebuarar i asylmottak har variert frå rekordhøgt ved utgangen av 2015 til svært få så langt i 2019, jf. figur under. Mange har flytta ut av mottak i same periode, bl.a. som følgje av ein auke i busetjingstakta dei siste åra. Regjeringas innsats for retur har også medverka til at det er færre bebuarar i mottaka, sjå også omtalen under pkt. 4. Dette har resultert i eit markert lågare tal på personar som ventar på busetjing og retur, enn i tidlegare år. UDI har utarbeidd ein mottaksstrategi, som dei held på med å gjennomføre. Strategien er ei operasjonalisering, konkretisering og prioritering av krav og mål som er nedfelte i GI-13/2017. UDI arbeider bl.a. med å styrke kontraktsoppfølginga og sikre god økonomisk kontroll med mottaksdrifta.

Figur 2.34 Bebuarar i mottak og delen av einslege mindreårige bebuarar per 31. desember i åra 2014–2018 og per 30. juni 2019

Figur 2.34 Bebuarar i mottak og delen av einslege mindreårige bebuarar per 31. desember i åra 2014–2018 og per 30. juni 2019

Kilde: UDI

Uvisse kring talet på asylsøkarar skaper utfordringar for tilpassinga og planlegginga i forvaltninga, spesielt i tilknyting til kostnadseffektiv styring og nedskalering av plassar i asylmottak. Mottakskapasiteten må tilpassast behovet for mottaksplassar for å vere kostnadseffektiv. Samstundes er det behov for beredskap til å handtere raske aukar i asylinnkomstane, særleg i den innleiande innkomstfasen. Det nye innkomstsenteret i Østfold vil leggje til rette for at PU og UDI kan samarbeide tett og effektivt, sjå òg omtalen under pkt. 2.1.

UDI har redusert talet på mottaksplassar i raskt tempo dei siste åra for å tilpasse kapasiteten til eit stadig mindre behov. Dette gir reduserte offentlege utgifter. Samstundes gir færre mottaksplassar redusert kapasitet til å handtere raske aukar i talet på asylsøkarar. Det er også utfordrande å oppretthalde kostnadseffektiv drift av mottak tilpassa eit lågare innkomstnivå og samstundes oppretthalde kapasitet i marknaden. UDI vurderer også fortløpande ulike løysingar for å sikre beredskap for innkvartering, og har bl.a. inngått fleire rammeavtalar for akuttinnkvartering og andre former for innkvartering. Vidare jobbar UDI kontinuerleg med beredskapsplanar for ein ekstraordinær auke i talet på asylsøkarar.

Figuren under viser ein monnaleg nedgang i talet på mottak. Talet på mottak har blitt redusert til 35 ved utgangen av første halvår 2019. Det har vore utfordrande for UDI å tilpasse mottakskapasiteten i takt med det søkkande behovet, sjå omtalen av kap. 490, post 21, i Prop. 114 S (2018–2019) i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2019.

Figur 2.35 Tal på mottak og vertskommunar per 31. desember i åra 2014–2018 og per 30. juni 2019

Figur 2.35 Tal på mottak og vertskommunar per 31. desember i åra 2014–2018 og per 30. juni 2019

Kilde: UDI

4 Retur

Dei siste to åra har talet på assisterte returar sokke ein god del. Samstundes har talet på utreisepliktige personar i mottak også blitt vesentleg lågare. Årsaker til dette er bl.a. høge returtal i åra før, nedgangen i talet på asylsøkarar til Noreg og regjeringas satsing på retur. Sjølv om målgruppa for retur har blitt mindre, har personane blitt meir krevjande å motivere til retur. Ein større del av sakene gjeld no lengeverande personar og personar med særskilde behov. Dette krev meir innsats for å kunne gjennomføre returar. Dei fleste i målgruppa for assistert retur oppheld seg utanfor mottak, og det er utfordrande å nå desse med effektive returtiltak. I løpet av 2018 reiste 240 personar med assistert retur. Det er ein nedgang på om lag 58 pst. samanlikna med 2017. Sjølvorganisert retur frå Noreg blir ikkje registrert.

Tabell 2.17 Assisterte returar 2015–30. juni 2019.

2015

2016

2017

2018

30.6.2019

Assisterte returar

1 167

1 456

569

240

105

Kilde: UDI

Det er ikkje berre talet på returar som er viktig, men også kven som reiser. UDI og PU har styrkt innsatsen for å få til returar av utreisepliktige personar som fører til store kostnader for samfunnet. Dette gjeld personar som bur i særskilde butilbod, tilrettelagde avdelingar i mottak og i fengsel. I 2018 returnerte 6 personar, assistert eller med tvang, frå slike spesielle butilbod, mot 16 i 2017. Sjølv om talet på returar i denne kategorien var lågare i 2018 enn tidlegare, låg kategorien relativt sett på same nivå som i 2017 om ein ser på totaltalet av returar det året. Sjølv få av desse returane kan gi store innsparingar. T.d. er den gjennomsnittlege utgifta for ein såkalla SÆRBOL-plass – det vil si eit særskilt bo- og omsorgstilbod for ein person som ikkje kan bu i asylmottak fordi han eller ho utgjer ein risiko for andre – om lag 3 mill. kroner årleg. Arbeidet med denne gruppa vil halde fram i 2020.

Figur 2.36 Tal på personar i asylmottak med utreiseplikt per 31. desember i åra 2014–2018 og 30. juni 2019

Figur 2.36 Tal på personar i asylmottak med utreiseplikt per 31. desember i åra 2014–2018 og 30. juni 2019

Kilde: UDI

Både ved gjennomføring av assistert retur og ved tvangsretur er ukjend identitet eit stort problem. Eit fåtal asylsøkarar legg fram identitetsdokument når dei kjem til Noreg. For meir omtale av utfordringar og tiltak som gjeld avklaring av identitet, sjå omtalane under 1.3 under programkategoriomtalen, og programkategori 06.40.

Noreg har, i likskap med mange europeiske land, utfordringar når det gjeld samarbeidet med opphavslanda om verifisering av identitet og om retur. Ein stor del av dei med utreiseplikt som oppheld seg i mottak per første halvår 2019, kjem frå land det er utfordrande å samarbeide med når det gjeld å ta tilbake eigne borgarar. Dette kan ha fleire årsaker. Blant anna er pengeoverføringar frå personar som lever i land som Noreg, ei viktig inntektskjelde for fleire av desse landa. Aksept av tvangsretur er politisk upopulært, og nokre av landa har dessutan ustabile regime, slik at dialog og samarbeid er vanskeleg. Regjeringa arbeider derfor med å få til returavtalar eller retursamarbeid med aktuelle land.

Vedtakssamtalar, informasjons- og motivasjonstiltak i og utanfor mottak, tilskot til retur og reintegrering og tvangsretur er verkemiddel for å motivere til sjølvorganisert eller assistert retur. Regelverket for dei ulike tilskotsordningane og returprogramma er presenterte på nettsidene til UDI. Under kap. 490, post 72 er det ei oversikt over dei ulike ordningane/programma for assistert retur i 2019. Dette arbeidet vil halde fram i 2020.

5 Overføringsflyktningar

Justis- og beredskapsdepartementet fastset kvotesamansetninga i samråd med Utanriksdepartementet og Kunnskapsdepartementet etter forslag frå UDI og IMDi, som igjen byggjer på forslag frå UNHCR og innspel frå norske frivillige organisasjonar. UDI gjer vedtak for uttaka av dei enkelte flyktningane i samsvar med fordelinga som er vedteken, og i tråd med gjeldande rundskriv. Tabellen under viser talet på vedtak om overføring og faktiske tal på innkomne overføringsflyktningar til Noreg i åra 2014–2019.

Figur 2.37 Overføringsflyktningar 2014–30. juni 2019

Figur 2.37 Overføringsflyktningar 2014–30. juni 2019

Kilde: UDI

I 2018 var kvoten totalt på 2 120 plassar, der 1 000 plassar var for kongolesiske flyktningar i Uganda, 700 for syriske flyktningar i Libanon, 300 for flyktningar evakuerte frå Libya og 120 for andre nasjonalitetar. UDI gjorde vedtak for 2 124 flyktningar i 2018, der dei fleste var kongolesarar (1 038). Det kom 2 481 overføringsflyktningar til Noreg i 2018, og syrarar var den største gruppa med 1 640 personar. Årsaka til at det ikkje er samsvar mellom talet på vedtak og kor mange flyktningar som kjem til landet eit bestemt år, er at det går tid frå vedtaket er gjort, til det blir funne ein busetjingskommune m.m.

For 2019 var det per 31. juni 2019 gjort vedtak om overføring for totalt 1501 flyktningar.

I 2019 er det 3 000 plassar i kvoten. Dei er spreidde på 1 000 plassar til syriske flyktningar i Libanon (750) og Jordan (250), 900 kongolesiske flyktningar i Uganda, 500 sørsudanske flyktningar i Etiopia og 450 plassar for flyktningar som blir evakuerte frå Libya. Det er òg 150 plassar som er opne for alle nasjonalitetar, og 60 medisinske plassar som blir rekna mot dei ulike delkvotane. Med dette har Noreg trappa opp innsatsen i flyktningsituasjonar i land ved den sentrale middelhavsruta, som er prioriterte av både UNHCR og EU. Det kan komme endringar i fordelinga i løpet av året som følgje av utfordringar i nokre land. Av same årsak kan det bli utfordrande med målsettinga om 3 000 plassar i 2019. Ubrukte plassar kan overførast til 2020.

På grunn av det låge talet på asylsøkarar og den forventa nedgangen i familieinnvandringa foreslår regjeringa å vidareføre kvoten på same nivå som i 2019 med 3 000 plassar.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten skal dekke utgifter til drift av Utlendingsdirektoratet (UDI). Per 31. august 2019 var bemanninga i UDI på 891 årsverk.

UDI har i 2019 inngått ny avtale om leie av kontorbygg på Helsfyr, dit verksemda vil flytte frå hausten 2020. Dei nye lokala er i storleik betre tilpassa reduksjonar i stillingstal, til dømes i samband med reduksjon av talet på asylsøknader. Vidare legg ein opp til ein meir effektiv utnytting av arealet gjennom bruk av fleksible opplegg for arbeidsplassane. Det er òg ei monnaleg innsparing som følgje av at ein flyttar ut av bykjerna. I sum vil UDI omtrent halvere dei årlege leiekostnadene samanlikna med kostnadene ved dagens lokale. Sjølve flytteprosessen vil likevel vere ressurskrevjande, slik at ein ikkje kan forvente ei netto innsparing før tidlegast 2021.

UDI har lenge dekt utgifter til internasjonale forpliktingar på post 01. Utgiftene har fått eit stort omfang som UDI i praksis ikkje kan påverke. Regjeringa foreslår å budsjettere utgifter til kontingentar i samband med internasjonale forpliktingar innan IKT- og asylsamarbeid frå post 01 på ein eigen nyoppretta post under kap. 490, jf. omtale av ny post 74 Internasjonale forpliktelser, kontingenter mv. Vidare foreslår regjeringa å budsjettere utgifter til nasjonal utvikling og implementering av dei pålagde internasjonale systema på IKT-området på investeringspost kap. 490, post 45, i staden for på UDIs ordinære driftspost, kap. 490, post 01, slik som fram til og med 2019. Investeringsutgiftene er usikre, og det er derfor nødvendig å budsjettere på ein post der løyvinga kan overførast. Samla er løyvingsforslaget på post 01 redusert med 52,9 mill. kroner, og det blir i staden foreslått at utgiftene til desse formåla skal inngå på dei nemnde postane.

Regjeringa har fremma ein lovproposisjon om tilbakekall av statsborgarskap på grunn av uriktige opplysningar m.m., jf. omtale over. Regjeringa foreslår å løyve totalt 12 mill. kroner på kap. 490, post 01, for å gjennomføre dei foreslåtte lovendringane og for å byggje ned talet ubehandla saker.

Som følgje av færre asylsøkarar og bebuarar i mottak og auka kompetanse blant dei tilsette blir det foreslått å redusere løyvinga til barnefagleg kompetanse med 6 mill. kroner. Dette er ei vidareføring av endringa gjennomført i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2019, jf. Prop. 114 S (2018–2019) og Innst. 391 S (2018–2019).

Stortinget vedtok i desember 2018 Lov om endringer i stasborgerloven (avvikling av prinsippet om ett statsborgarskap), jf. Prop. 11 L(2017–2018) og Innst. 74 L (2018–2019). Det tas sikte på at endringane skal tre i kraft frå 1. januar 2020. Ny ordning for gjenerverv av statsborgarskap er forventa å føre til fleire saker til behandling for UDI, og Regjeringa foreslår derfor å auke kap. 490, post 01, med 4,7 mill. kroner. Det blir foreslått at endringa skal dekkast gjennom innføring av gebyr og dermed auka inntekter på kap. 3100, post 01, og kap. 3440, post 06, jf. omtale under desse postane.

Samanlikna med saldert budsjett for 2019 foreslår regjeringa å auke løyvinga med 3,6 mill. kroner som følgje av ein forventa auke i kontingenten til European Asylum Support Office (EASO). Regjeringen foreslår også å løyve 1 mill. kroner til implementering av nye system for grense- og territorialkontroll (EES og ETIAS), jf. nærmare omtale under programkategori 06.40. I tillegg blir 0,5 mill. kroner foreslått omprioritert frå UNEs kap. 491, post 01.

Moderniseringsprosjektet som er i gang, er forventa å gi gevinstar som følgje av automatisering og meir effektiv oppfølging av mottak, jf. omtale av kap. 490, post 45. Regjeringa foreslår derfor å redusere kap. 490, post 01 med 2,2 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett for 2019. Som følgje av at politiet skal etablere JustisCert, justissektoren sitt responsmiljø for å førebyggje og koordinere handteringa av alvorlege IKT-hendingar, foreslår regjeringa å redusere løyvinga med 0,2 mill. kroner mot ein tilsvarande auke under kap. 440, post 01.

Delar av utgiftene på kap. 490, post 01, blir rapporterte som ODA-godkjende utgifter og blir førte som inntekter på kap. 3490, post 04, jf. nærmare omtale under posten. Løyvinga på kap. 490, post 01, kan bli overskriden mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3490, post 05.

Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 1 012,2 mill. kroner.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, asylmottak

Løyvinga på posten skal dekke utgifter staten har til drift av statlege mottak for asylsøkarar, inkludert integreringsmottak. Personar som har søkt om vern i Noreg, får tilbod om innkvartering fram til dei blir busette eller returnerte til heimlandet. Mottaka skal vareta tryggleiken og sikkerheita til bebuarane, og dei skal leggje særleg vekt på rettane og behova til barn og unge.

Forutan losji skal tilbodet om innkvartering omfatte visse nødvendige sosial- og omsorgstenester, bl.a. mat, klede og omsorgstenester for bebuarar med særskilde behov. Løyvinga dekker òg opplærings- og informasjonstiltak, ulike organiserte sosiale aktivitetar som dagtilbod for barn, nødvendig helsehjelp til nykomne asylsøkarar og returfremmande tiltak for bebuarane i mottak. Vidare dekker posten utgifter til bl.a. særskilde tiltak som vakthald, tilrettelegging av buforhold og plassering utanfor mottak for personar med særskilde behov, aldersundersøkingar av asylsøkarar som oppgir å vere einslege mindreårige, reise og kost for asylsøkarar i samband med asylintervju og transport for asylsøkarar til og frå norskopplæring.

Posten omfattar òg midlar til lokala og mottaksdrifta på Ankomstsenter Østfold. Kommunens ekstra utgifter til lovpålagte kommunale tenester som følgjer av det å være vertskommune for eit innkomstsenter kan dekkas over posten.

Behovet for løyving på posten er avhengig av kor mange bebuarar det er i mottak, som blir bestemt av talet på asylsøkarar og kor lenge dei blir buande i mottaka. Gjennomsnittleg tal på bebuarar i 2018 i mottak for ordinære asylsøkarar var om lag 4 000. Mottak for einslege mindreårige hadde i 2018 i gjennomsnitt 160 bebuarar.

Løyvingsforslaget for 2020 er basert på ein prognose for talet på asylsøkarar på 3 000 og 2 930 bebuarar i mottak i gjennomsnitt, derav om lag 50 personar i mottak for einslege mindreårige mellom 15 og 18 år. Forventa tal på bebuarar i mottak er noko høgare enn det som ligg til grunn for saldert budsjett 2019. Som følgje av at det no er svært få bebuarar i mottak, er det vidare nødvendig med nokre høgare del plasser i mottak med særskilte funksjonar, og ein høgare del ubrukte plassar, enn det som ein tidlegere har planlagt for. Dette gjer auka gjennomsnittleg utgift per bebuar. Samstundes er fleire avtaler knytte til innkvartering reforhandla, noko som bidrar til å redusere utgifter. Samla inneber desse forholda 101,1 mill. kroner i auka utgifter samanlikna med saldert budsjett 2019.

Det er usikkerheit til faktiske tal for nykomne asylsøkarar gjennom året og faktisk kapasitet gjennom året kan derfor avvike frå det som blir lagt til grunn ved inngangen til året. Sjå òg forslag til romartalsvedtak om fullmakt om mellombels drift av asylmottak.

Ordninga med særskilt betalingskort for bebuarar i mottak har ikkje latt seg gjennomføre etter formålet. Regjeringa foreslår derfor ikkje å gå vidare med dette, noko som er redegjort for i revidert nasjonalbudsjett for 2019, jf. Prop. 114 S (2018–2019) og Innst. 391 S (2018–2019). Behov for ulike informasjonstiltak og aktivitetar, bl.a. barnefaglig kompetanse, har òg vorte skalert for å tilpasse talet på bebuarar, som i sum har bidratt til eit redusert løyvingsbehov. Samla inneber dette ei innsparing på 8,3 mill. kroner.

Regjeringa foreslår vidare å redusere løyvinga på posten med 1,9 mill. kroner mot ein tilsvarande auke over kap. 490, post 70. Endringa er ei teknisk flytting av utgifter knytte til reise til utdanning og barnehage for barn i asylmottak.

Regjeringa foreslår å redusere løyvinga med 4,6 mill. kroner som følgje av forventa gevinstar av moderniseringsprogrammet, jf. omtale av kap. 490, post 45.

Delar av utgiftene på kap. 490, post 21, blir førte som ODA-godkjende utgifter og blir førte som inntekter under kap. 3490, post 04, jf. nærmare omtale under kap. 3490, post 04.

Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 643,8 mill. kroner.

Post 22 Spesielle driftsutgifter, tolk og omsetjing

Posten skal dekke tolking og omsetjing i kommunikasjonen mellom søkar og UDI i første instans. Løyvinga skal òg dekke kvalitetssikringsarbeid i samband med intervju og omsetjingar. Vidare dekker løyvinga utgifter til nødvendig omsetjing av originaldokument.

Det er forventa at UDI i 2020 vil behandle nokre fleire intervju i samband med behandling av søknader om vern enn i 2019, og at det vil bli noko høgare utgifter til reise for tolkar. Derfor foreslår regjeringa å auke løyvinga på posten med 6,8 mill. kroner.

Delar av utgiftene på kap. 490, post 22, kan utgiftsførast som ODA-godkjende utgifter og inntektsførast på kap. 3490, post 07, jf. nærmare omtale under kap. 3490, post 07.

Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 22,1 mill. kroner.

Post 23 Spesielle driftsutgifter, kunnskapsutvikling, kan overførast

Løyvinga skal brukast til å støtte UDIs oppgåveløysing gjennom kunnskapsutvikling om innvandring.

I 2018 har UDI ferdigstilt fem FoU-studiar:

  • Tilbakekall – rettssikkerhet og kontroll ved tilbakekall av tillatelser etter søknad om beskyttelse

  • Assistert retur – en kunnskapsstatus

  • Evaluering av tilskuddsordning til aktiviteter for barn i asylmottak

  • Case management, identity controls and screening on national security and 1F exclusion

  • Et trygt sted å vente – omsorgspraksiser på asylmottak for enslige mindreårige

  • Kartlegging av asylsøkeres tilgang til velferdstjenester

UDI har i 2018 òg gjennomført éi evaluering:

  • Evaluering av myndigheitsassistert retur

Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 4,6 mill. kroner.

Post 30 Ombygginger, ankomstsenter for asylregistrering og mottak, kan overførast

Posten dekker utgifter til investeringar og vidareutvikling av Ankomstsenter Østfold (AØ). Prosjektet med å vidareutvikle senteret med sikte på utvida og permanent drift byrja hausten 2017. Kostnadsramma for tiltaket vart i Prop. 1 S (2018–2019) oppgitt til 162,7 mill. kroner i 2019-prisar. Løyvingane har blitt fordelte på budsjettåra 2018 og 2019. Det har vore krevjande å halde framdrifta som planlagd, opphavleg med ferdigstilling seint i 2019. Det har særlig teke tid å avklare kontrakten med utleigaren, men ein har no inngått ein ny, langsiktig avtale. Vidare har detaljprosjektering også teke lengre tid enn planlagt. Dette har samanheng med at bygget skal ta omsyn til behova til både politiet ved PU, UDI, mottaksoperatøren, helsetenesta på statleg og kommunalt nivå og andre støttetenester som er nødvendige i eit innkomstsenter. Det er forventa at prosjektet blir fullført i løpet av 2020. Departementet legg opp til at ubrukte midlar i 2018 og 2019 som blir overførte til 2020, jf. stikkordet «kan overførast», vil dekke utgiftene dette siste året. Regjeringa foreslår derfor ikkje noko ny løyving for 2020.

Post 45 Større utstyrsanskaffelser og vedlikehold, kan overførast

Posten dekker utgifter til bl.a. systemutvikling, implementering og utrulling i tillegg til utstyrskjøp og bruk av interne ressurspersonar i involverte etatar i samband med større investeringar i systemløysingane til utlendingsforvaltninga.

Moderniseringa av IT-systema til UDI starta i 2017. Tiltaka som er sluttførte eller starta i 2018, skal bidra til høgare effektivitet og betre kontroll og styring i heile asylkjeda, inkludert mottaksområdet. Moderniseringsprogrammet til UDI leverer i 2019 ny løysing for sjølvregistrering for asylsøkarar og eit nytt asyllogistikksystem for gjennomføring av asylintervju. I tilknyting til det nye asyllogistikksystemet er det òg utvikla ei eiga net-teneste for tolkane, slik at dei enkelt kan få tilgang til og administrere nye tolkeoppdrag. Det er vidare utvikla ei løysing for å rekvirere fødselsnummer for alle asylsøkarar som har fått opphaldsløyve, og ei løysing for dei resterande tredjelandsborgarane. Vidare har ein starta opp utviklinga av eit nytt mottakssystem. Dette systemet vil leggje til rette for meir effektiv bruk av mottaksplassane, betre kontroll med utbetalingar til mottak og søkarar, og i tillegg understøtte arbeidet med integrering og retur. Den nye mottaksløysinga vil vere basert på standard programvare. UDI vil i tillegg utvikle ei løysing for automatisering av saksbehandlinga, som i første omgang vil bli teken i bruk i statsborgarsaker. Løysinga vil gjere det mogleg å frigjere saksbehandlarkapasitet og å redusere ventetida til søkaren.

I 2020 vil UDI gjennomføre tiltak for å automatisere behandlinga av søknader om permanent opphald og studiesaker. Begge tiltaka gjer det mogleg å vidareføre den nødvendige moderniseringa av den sentrale systemporteføljen i utlendingsforvaltninga, slik som saksbehandlingssystemet (DUF) og utlendingsdatabasen (UDB). Det er planlagt å bruke 38,5 mill. kroner av det samla løyvingsforslaget på posten til modernisering av IT-løysingane i 2020.

Endringar i utlendingslova som heimlar utvida opptak, lagring og bruk av biometri i utlendingssaker, vart vedtekne i Stortinget 10. juni 2016. Det er nødvendig med investeringar i UDI, politiet og ved utanriksstasjonane for at endringane skal kunne gjennomførast. Investeringane inkluderer òg ei felles løysing for kort- og ID-handtering for politiet og UDI, slik at registreringar og kontroll med dokumenta blir av betre kvalitet. Det vart løyvd midlar til dette i statsbudsjettet for 2018. Løysinga for utvida opptak, lagring og bruk av biometri for seinare samanlikning ved kontroll av ID byggjer på eit fellessystem som politiet forvaltar til bruk både for sin eigen del og for utlendingsforvaltninga. Dette gjer at framdrifta er avhengig av politiets nye løysingar for pass og nasjonale ID-kort, jf. omtale under programkategori 06.40. Slik gjenbruk av fellesløysingar er i samsvar med digitaliseringsstrategien til regjeringa, men det har òg bidratt til at framdrifta er forseinka. Etter den reviderte planen for dette tiltaket vil løysinga truleg først bli utvikla og teken i bruk i løpet av 2020.

I forslaget til løyving på posten inngår 16,5 mill. kroner i utgifter til nasjonal utvikling og iverksetjing av dei pålagde internasjonale systema på IKT-området som til no har vore budsjetterte på kap. 490, post 01, jf. omtale av saka under post 01. Sidan alt dette er investeringsutgifter knytt til internasjonalt samarbeid, der det er svært usikkert når tiltak blir gjennomførte, er det formålstenleg å flytte løyvinga til investeringsposten. Regjeringa foreslår i tillegg å auke løyvinga med 12 mill. kroner til implementering av nye system for grense- og territorialkontroll (EES og ETIAS), jf. nærmare omtale under programkategori 06.40.

Regjeringa foreslår ei samla løyving på posten på 67 mill. kroner.

Post 60 Tilskudd til vertskommuner for asylmottak

Vertskommunetilskotet skal dekke utgifter til helse, barnevern, tolk og administrasjon i samband med drift av mottak og omsorgssenter i kommunen. I tillegg til det ordinære vertskommunetilskotet omfattar ordninga eit særtilskot ved omsorgsplassering og tilskot til kommunar som har inngått avtale med UDI om alternativ mottaksplassering av asylsøkarar. UDI forvaltar og betaler ut tilskotsordninga kvartalsvis når det ligg føre kontrakt med driftsoperatør i den respektive kommunen. Kommunane treng ikkje å søke om tilskot.

For 2020 vil satsane vere:

  • grunnsats per kommune: 679 815 kroner per år

  • sats per ordinære mottaksplass: 10 434 kroner per år

  • sats per plass for einslege mindreårige asylsøkarar: 16 068 kroner per år

  • sats per tilrettelagd plass: 147 723 kroner per år

  • sats per plass i omsorgssenter: 39 631 kroner per år

Vertskommunar for omsorgssenter tek ikkje imot grunntilskot. Alternativ mottaksplassering (AMOT) inneber at UDI inngår ein skriftleg og gjensidig forpliktande avtale med ein kommune om å gi ein person utan opphaldsløyve eller flyktning eit butilbod i kommunen i staden for opphald i asylmottak. Kommunen skal då vareta dei oppfølgingsbehova personen måtte ha i avtaleperioden. Ordninga kan òg nyttast for personar med løyve som ikkje dannar grunnlag for permanent opphaldsløyve. Satsen for AMOT vil for 2020 vere 15 223 kroner per plass per månad.

Eigne satsar gjeld for å bidra til å dekke særleg høge barnevernsutgifter knytte til omsorgsovertaking etter barnevernlova kap. 4. For 2020 vil satsane vere:

  • særtilskot medfølgjande barn: 28 972 kroner per månad

  • særtilskot for einslege mindreårige: 14 485 kroner per månad

I samband med revidert nasjonalbudsjett 2019 blei det vedtatt å innføre gratis kjernetid i barnehage for eittåringar i asylmottak. Dette blir foreslått ført vidare i 2020. I tillegg foreslår Regjeringa å utvide barnehagetilbodet frå kjernetid til fulltidsplass for 2- og 3-åringar. Tiltaka gir ein samla meirutgift på 10,4 mill. kroner i 2020, og blir foreslått dekka gjennom ei overføring frå Kunnskapsdepartementet, jf. deira Prop. 1 S (2019–2020). Dermed vil det i 2020 bli gitt tilskot for fulltidsplass i barnehage for barn i alderen to til fem år (til skulestart), gratis kjernetid i barnehage for barn på eitt år og fulltidsbarnehage og SFO for alle barn i integreringsmottak. Satsane for 2020 er som følgjer:

  • 3–5-åringar full plass: 157 619 kroner per 11 md.

  • 1- og 2-åringar full plass: 283 723 kroner per 11 md.

  • 1-åringar kjernetid: 126 343 kroner per 11 md.

  • SFO: 29 172 kroner per 11 md.

Løyvingsbehovet på posten avheng av talet på mottak og omsorgssenter, talet på vertskommunar og talet på plassar. Løyvingsbehovet på posten vil derfor kunne endre seg i løpet av budsjettåret.

I 2018 var det totalt 43 kommunar som fekk tilskot for delar av eller heile året. I løpet av året gjekk talet frå 43 kommunar i første kvartal til 29 i fjerde kvartal. Nedgangen i talet på asylsøkarar har ført til at det etter 2015 har vore større ledig kapasitet i mottak enn det som normalt blir lagt til grunn. Kommunane har fått betalt ut vertskommunetilskot òg for plassar som ikkje er i bruk.

Løyvingsforslaget er basert på ein prognose på 3 000 asylsøkarar i 2020. Noko høgare behov for mottaksplassar enn det som vart lagt til grunn for 2019, jf. omtale av kap. 490, post 21, gir forventa meirutgifter på 9,5 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett i 2019.

Delar av utgiftene på kap. 490, post 60, kan utgiftsførast som ODA-godkjende utgifter og inntektsførast på kap. 3490, post 04, jf. nærmare omtale under kap. 3490, post 04.

Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 163,5 mill. kroner.

Post 70 Stønader til beboere i asylmottak

Løyvinga på posten skal dekke utgifter til stønadsordning om økonomiske ytingar til livsopphald for bebuarar i asylmottak som ikkje kan dekke dette sjølv, og andre nødvendige ytingar. Driftsoperatøren av asylmottaket betaler ut ytingar for bebuarar i asylmottak og får dei refunderte av UDI.

I 2018 var det gjennomsnittlege belegget i ordinære mottak og transittmottak, og ordinære mottak og transittmottak for einslege mindreårige asylsøkarar, i underkant av 4 200. Dette var vesentleg lågare enn i 2017, då talet på bebuarar var i underkant av 9 000. Gjennomsnittleg belegg viste ein fallande tendens gjennom 2018, frå om lag 5 100 bebuarar i januar til 3 800 i desember. Alle desse fekk økonomiske ytingar. I 2018 vart det òg utbetalt om lag 3,4 mill. kroner til klede/sengetøy/kjøkkenutstyr og hygieneartiklar, 5 mill. kroner til tilleggsytingar etter søknad og om lag 2,6 mill. kroner til direkte refunderbare ytingar.

Løyvingsbehovet på posten avheng av talet på bebuarar i mottak og samansetjinga av bebuargruppa. Løyvingsforslaget for 2020 er basert på ein prognose på i underkant av 3 000 bebuarar i mottak. Som følgje av at dette er noko høgare enn det som vart lagt til grunn for 2019, foreslår regjeringa å auke løyvinga med 5,3 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett 2019.

Regjeringa foreslår vidare å auke løyvinga på posten med 1,9 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon over kap. 490, post 21, jf. omtale under sistnemnde post. Endringa er ei teknisk flytting av utgifter knytt til reise til utdanning og barnehage for barn i mottak.

Som følgje av forslaget om tilskot til at fleire barn skal få tilbod om barnehage, jf. omtale av kap. 490, post 60, blir det foreslått å auke løyvinga på post 70 med 0,2 mill. kroner til å dekke reiseutgifter til og frå barnehage.

Delar av utgiftene på kap. 490, post 70 kan utgiftsførast som ODA-godkjende utgifter og inntektsførast på kap. 3490, post 04, jf. nærmare omtale under kap. 3490, post 04.

Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 85,4 mill. kroner.

Post 71 Tilskudd til aktivitetstilbud for barn i asylmottak, og til veiledning for au pairer

Løyvinga på posten skal dekke utgifter til ei tilskotsordning for aktivitetstilbod for barn i mottak, og til tilskot til informasjons- og rettleiingstiltak for au pairar.

Formålet med tilskot til aktivitetstilbod for barn i mottak er å bidra til at barna får ein meiningsfull kvardag og ein så normalisert barndom som mogleg innanfor rammene av eit asylmottak. Tilskotsordninga skal bidra til fysisk aktivitet, tileigning av ferdigheiter gjennom ulike aktivitetar og styrkt meistringskjensle for barna. UDI lyser ut og forvaltar tilskotsordninga i tråd med regelverk som Justis- og beredskapsdepartementet fastset. Tiltaka har bidrege til at barn i mottak har fått fleire moglegheiter til å vere med på sportslege og kulturelle aktivitetar. Sjå nettsidene til UDI for utdjupande opplysningar om tilskotsmottakarane.

Talet på bebuarar i mottak er redusert, og opphaldstida er korta ned for dei fleste mottaksbebuarar. Som følgje av færre barn i målgruppa foreslår Regjeringa ei løyving til tilskotsordninga på 5 mill. kroner, 10,9 mill. kroner lågare enn i saldert budsjett 2019.

Regjeringa foreslår vidare å løyve 3,2 mill. kroner til tilskot til informasjons- og rettleiingstiltak til au pairar i 2020.

Delar av utgiftene knytt til tilskot til aktivitetstilbod på kap. 490, post 71 kan utgiftsførast som ODA-godkjende utgifter og inntektsførast på kap. 3490, post 04, jf. nærmare omtale under kap. 3490, post 04.

Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 8,2 mill. kroner.

Post 72 Internasjonalt migrasjonsarbeid, og assistert retur og reintegrering i hjemlandet, overslagsløyving

Formålet med posten er å bidra til

  • at personar med endeleg avslag på søknad om vern og andre personar utan lovleg opphald i Noreg returnerer til heimlandet, og å leggje til rette for at flyktningar kan vende tilbake til heimlandet når det er trygt

  • velordna, trygg og regulert migrasjon og redusert irregulær migrasjon frå enkelte land/regionar

Desse tilskotsordninganefor personar blir finansierte over denne posten, jf. pkt. 4 i kategoriomtalen:

  • reisetilskot ved assistert retur

  • gradert reintegreringstilskot ved assistert retur for personar som ikkje er omfatta av særskilde landprogram

  • reintegreringstilskot ved assistert retur til land med særskilde landprogram – for 2019 gjeld dette for Afghanistan og Somalia og for mellombels program for Marokko

  • reintegreringstilskot ved assistert retur for sårbare grupper

  • reintegreringstilskot ved myndigheitsarrangert retur for einslege mindreårige

  • reintegreringstilskot ved assistert retur for personar som er særleg kostnadskrevjande for samfunnet

  • reintegreringstilskot for tvangsreturnerte til Afghanistan og Marokko (mellombels program)

  • tilbakevendingstilskot for personar med opphaldsløyve

Tabellen under inneheld tilskotssatsane for ulike ordningar/program, både for assistert og tvangsretur3.

Tabell 2.18 Gjeldande tilskotssatsar

Tilskot/program

Kontant

Tenester

1

Gradert reintegreringstilskot før/etter utreisefrist

NOK 20 000/ 7 000

NOK 10 000 i tillegg til familiar per barn før utreisefrist

2

Reintegreringstilskot til Afghanistan (før/etter utreisefrist)

USD 200

NOK 20 000/ 15 000

3

Reintegreringstilskot til Somalia

NOK 10 000

NOK 30 000

4

Reintegreringstilskot til Marokko

(før/etter utreisefrist)

NOK 20 000 / 7 000

EUR 2 000

5

Reintegreringstilskot til særleg sårbare personar

NOK 42 000

6

Reintegreringstilskot til personar som er særleg kostnadskrevjande for samfunnet

inntil NOK

200 000

7

Reintegreringstilskot til einslege mindreårige

NOK 10 000

NOK 42 000

8

Ekstra reintegreringstilskot til familiar ved søknad før utreisefrist

NOK 10 000 per barn

9

Reintegreringstilskot for tvangsreturnerte til Afghanistan

NOK 13 000

10

Reintegreringstilskot for tvangsreturnerte til Marokko

Sårbare tvangsreturnerte Marokko

NOK 3 000

NOK 3 000

EUR 1 000

EUR 3 000

I 2018 vart det gjennomført 240 assisterte returar, jf. pkt. 4, og 16 personar fekk tilbakevendingstilskot.

Tabellen under viser talet på returar per ordning og summen som vart nytta til desse ordningane i 2018. Éin retur kan ha fått tilskot frå fleire ordningar.

Tabell 2.19 Returar og rekneskapstall per ordning, 2018

Rekneskap 2018 (i 1000 kr)

Talet på returar og tilbakevendingar

Assistert retur, reisetilskot

2 412

186

Assistert retur, reintegreringstilskot

2 879

122

Assistert retur, reintegreringstilskot til sårbare personar

4 116

37

Assistert retur med politiet, reintegreringstilskot

404

43

Landprogram, assistert retur, Somalia

1 796

15

Landprogram (pilot), retur, Marokko

72

Landprogram (mellombels), retur, Afghanistan

700

1121

Verifiseringsavtale, Afghanistan

4

3

Tilbakevending, reintegreringstilskot

239

16

Totalt

12 622

1 Omfattar 16 assisterte returar og 96 tvangsreturar.

Det er også éi tilskotsordningfor organisasjonar m.m. som blir finansiert over posten:

  • tilskot til retur- og tilbakevendingstiltak

Denne ordninga kan nyttast til informasjons- og motiveringsarbeid som skal bidra til assisterte returar eller til tilbakevending frå Noreg. Dette gjeld dei som bur utanfor mottak.

Tilskotsordningane blir forvalta av UDI. Søknadsskjema og informasjon om dei finst på nettsidene til UDI og International Organization for Migration (IOM).

Tabell 2.20 Navn på organisasjon og innvilga beløp i 2018

NOAS (Norsk organisasjon asylsøkere)

205 000

INLO (Innvandrernes landsorganisasjon)

202 000

Det Felles Innvandrerråd i Hordaland

170 000

Stiftelsen Robin Hood Huset

180 000

Totalt

757 000

Regjeringa varsla i samband med RNB 2019 at det ville blir gjort endringar i tilskotet til assistert retur som medfører lågare satsar som grunnlag for utbetalinga til assisterte returar i 2019, jf. Prop. 114 S (2018–2019). Etter ei ny vurdering er satsane likevel vidareført på sama nivå som tidlegare.

I tillegg blir posten nytta til prosjekt som støttar opp om dialog og forhandlingar med viktige opphavs- og transittland og velordna, trygg migrasjon, bl.a. returavtalar, retursamarbeid og styrking av migrasjonsforvaltninga i opphavs- og transittland. Det kan bli gitt slikt prosjekttilskot til land Noreg har eit migrasjonspartnarskap med, internasjonale organisasjonar som Noreg er medlem av, og til internasjonale frivillige organisasjonar. Prosjekttilskotet blir gitt direkte frå departementet utan utlysing.

Justis- og beredskapsdepartementet tildelte 29,8 mill. kroner til slike prosjekttilskot i 2018, jf. pkt. 1.1 i kategoriomtalen når det gjeld nytten av slike prosjekt i dialogen om returavtalar og anna migrasjonssamarbeid. Under er ei kortfatta oversikt over prosjekta som fekk tilskot i 2018, og målsetjingane for desse.

Tabell 2.21 Prosjekttilskot, 2018

Mottakar/prosjekt

Tildeling (mill. kroner)

Formål

IOM:

Migrasjonsforvaltninga i Somalia

5,9

auke kapasiteten i migrasjonsforvaltninga og betre kompetanse om mottak av returnerte

hindre ulovleg migrasjon gjennom å byggje og utstyre grensestasjon på grensa til Etiopia

IOM:

Migrasjonssenter Sudan

3,0

informere om risiko ved irregulær migrasjon, tilby assistert retur og tilvising til lokale hjelpetenester

IOM / etiopiske myndigheiter: Statleg mottaks- og støttesenter for returnerte

5,0

betre handtering av returnerte

IOM:

Assistert retur frå Marokko

4,0

leggje til rette for retur og reintegrering i opphavsland i regionen av migrantar utan lovleg opphald

IOM:

Assistert retur frå Tyrkia

3,0

styrke eit nasjonalt system for assistert retur og reintegrering i heimlanda

ICMPD:

Informasjonssenter om migrasjon i Irak

3,0

førebyggje irregulær migrasjon

Kurdiske sjølvstyremyndigheiter i Irak:

Utstyr til grensekontroll

1,0

meir effektiv grensekontroll

IOM:

Migrasjonsforvaltninga i Nigeria

3,0

stoppe irregulær migrasjon gjennom å styrke forvaltninga

Palestinske sjølvstyremyndigheiter:

Teknisk utstyr til migrasjonsforvaltning

0,9

betre verifisering og gjennomføring av retur

ICMPD:

Tilskot til dialogmøte, Budapestprosessen og Silkerutepartnarskapet

0,5

god dialog om tiltak mot irregulær migrasjon

Filmskaparar utan grenser:

Film mot radikalisering

0,6

førebyggje radikalisering av utsette ungdommar

Innanfor ramma til budsjettposten kan departementet endre desse tre typane tilskotsordningar: tilskot til personar som returnerer, tilskot til informasjonstiltak i Noreg og tilskot til prosjekt i andre land.

Det er behov for auka overføring av kompetanse på forvalting av migrasjon til opphavs- og transittland for asylsøkarar og migranter. Opplæring kan gis anten ved at norske tenestepersonar reiser til aktuelle land eller regionar, eller ved at representantar frå aktuelle land blir inviterte til Noreg. For å styrke dette arbeidet blir det foreslått å redusere løyvinga på kap. 490, post 72, med 1 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke under kap. 400, post 23, jf. omtale under denne posten. Forslaget er ei vidareføring av endringa som er gjord for 2019, jf. Prop. 114 S (2018–2019) og Innst. 391 S (2018–2019).

Delar av utgiftene på kap. 490, post 72 kan bli førte som ODA-godkjende utgifter og bli førte som inntekter på kap. 3490, post 01 og post 08, jf. nærmare omtale under kap. 3490, post 01 og post 08.

I budsjettforslaget er det teke utgangspunkt i 250 assisterte returar i 2020.

Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 73,1 mill. kroner.

Post 73 Beskyttelse til flyktninger utenfor Norge mv., støttetiltak, kan nyttast under kap. 291, post 60

Formålet med posten er å finansiere støtte til arbeidet UNHCR og eventuelt andre organisasjonar, som International Organization for Migration (IOM), gjer med overføring av flyktningar. Dersom midlar på posten ikkje blir nytta til slik støtte, vil dei bli brukte til å overføre flyktningar til Noreg. Midlane vil bli nytta i nært samarbeid med UNHCR og ev. anna organisasjon. Løyvinga bidrar til å auke kapasiteten UNHCR har til å arbeide med overføringssaker med tanke på både kvantitet og kvalitet, ved at UNHCR kan arbeide med fleire saker generelt, spesifikke tema og spesifikke sakstypar, t.d. barn som anten er utan foreldre, eller berre er med éin forelder. Dette gir betre varetaking av flyktningar og av land som tek imot kvoteflyktningar. Tilskot blir gitt direkte frå departementet utan utlysing.

I 2018 vart det rekneskapsført om lag 14,8 mill. kroner på posten. Heile løyvinga vart overført til UNHCR. Av dette vart om lag 6,8 mill. kroner løyvde til UNHCRs operative arbeid, bl.a. knytt til gjennomføring av norske uttakskommisjonar. Om lag 8,1 mill. kroner gjekk til bruk av personell frå samarbeidsorganisasjonar som inngår i ei ordning med utplassering av personell til aktuelle land (International Catholic Migration Commission, RefugePoint, Dansk Flygtningehjælp og International Refugee Assistance Project).

Utgiftene på kap. 490, post 73, kan bli førte som ODA-godkjende utgifter og bli førte som inntekter på kap. 3490, post 06, jf. nærmare omtale under kap. 3490, post 06.

Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 21,9 mill. kroner.

Post 74 Internasjonale forpliktelser, kontingenter mv. (ny), kan overføres

Regjeringa foreslår å opprette ein ny budsjettpost knytt til internasjonale forpliktingar på migrasjonsområdet. Løyvinga skal dekke kontingentar og andre innbetalingar til internasjonale samarbeidsorgan. Midlar til formålet er i dag løyvde på kap. 490, post 01, og det blir foreslått å redusere denne posten med 36,4 mill. kroner mot tilsvarande løyve på nye post 74.

Sidan det er svært usikkert når utbetalingane skjer, foreslår Regjeringa at posten gis stikkordet «kan overførast».

Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 36,4 mill. kroner.

Post 75 Reiseutgifter for flyktninger til og frå utlandet, kan overførast

Løyvinga dekker reiseutgifter for overføringsflyktningar og reiseutgifter for flyktningar som vender tilbake til heimlandet. Løyvinga dekker òg utgifter i samband med mottak av overføringsflyktningar.

Løyvinga på posten varierar med storleiken på den norske kvoten for overføringsflyktningar. Det er lagt til grunn uttak av 3 000 overføringsflyktningar i 2020 jf. pkt. 5. Ved eventuelt mottak av asylsøkarar for å fordele ansvaret mellom EU/Schengen-land skal dette takast innanfor talet på overføringsflyktningar, og eventuelle reiseutgifter til desse asylsøkarane vil bli førte på denne posten. Det er forventa at ei nødvendig reforhandling av avtalen med International Organization of Migration (IOM) knytt til administrasjon av reisa til overføringsflyktningar vil medføre auka utgifter. Sidan den nye avtalen ikkje er inngått på tidspunktet for utforminga av forslaget til løyving, vil ein truleg måtte komme tilbake til saka i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2020.

Delar av utgiftene på kap. 490, post 75 kan utgiftsførast som ODA-godkjende utgifter og inntektsførast på kap. 3490, post 03, jf. nærmare omtale under kap. 3490, post 03.

Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 28,2 mill. kroner

Kap. 3490 Utlendingsdirektoratet

(i 1 000 kr)

Post

Betegnelse

Regnskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Assistert retur fra Norge for asylsøkere med avslag, ODA-godkjente utgifter

65 087

1 845

769

03

Reiseutgifter for flyktninger til og fra utlandet, ODA-godkjente utgifter

14 633

13 255

31 094

04

Asylmottak, ODA-godkjente utgifter

358 535

279 091

343 876

05

Refusjonsinntekter

7 942

8 862

7 018

06

Beskyttelse til flyktninger utenfor Norge mv., ODA-godkjente utgifter

14 849

11 917

21 982

07

Tolk og oversettelse, ODA-godkjente utgifter

14 604

20 635

08

Internasjonalt migrasjonsarbeid og reintegrering i hjemlandet, ODA-godkjente utgifter

55 128

113 692

Sum kap. 3490

461 046

384 702

539 066

Etter OECD/DACs (Development Assistance Committee) retningslinjer kan visse flyktningutgifter knytte til opphald i Noreg og tilbakevending til heimlandet klassifiserast som offisiell internasjonal bistand (ODA). Kva for utgifter som skal reknast som bistand, er regulert i retningslinjene til OECD. På bakgrunn av nye presiseringar frå OECD gjer Noreg frå og med 2019 fleire endringar i rapporteringa, jf. Prop. 1 S (2018–2019) for Justis- og beredskapsdepartementet og for Utanriksdepartementet. Den nye praksisen er lagd til grunn for berekninga av løyvingsforslaga for 2020.

Post 01 Assistert retur fra Norge for asylsøkere med avslag, ODA-godkjente utgifter

Utgifter til tilrettelegging for at flyktningar skal kunne vende tilbake til heimlandet, og utgifter til at personar med avslag på asylsøknad skal kunne returnere, kan i tråd med statistikkdirektiva til OECD/DAC godkjennast som offisiell internasjonal bistand. Regjeringa foreslår at 0,8 mill. kroner av utgiftene på kap. 490, post 72, knytt til reise og administrasjon i samband med assistert retur og tilbakevending, blir rapporterte inn som bistand. I samband med dette foreslår regjeringa å inntektsføre 0,8 mill. kroner på kap. 3490, post 01, i 2020.

Post 03 Reiseutgifter for flyktninger til og fra utlandet, ODA-godkjente utgifter

Reiseutgifter til og frå utlandet for flyktningar kan i tråd med statistikkdirektiva til OECD/DAC godkjennast som offisiell bistand. Regjeringa foreslår at 26 mill. kroner av utgiftene på kap. 490, post 01 og post 75, knytt til administrative tenester i samband med at flyktningar reiser, blir rapporterte som bistand. I samband med dette foreslår regjeringa å inntektsføre 31,1 mill. kroner på kap. 3490, post 03 i 2020.

Post 04 Asylmottak, ODA-godkjente utgifter

Visse innanlandske utgifter knytte til mottak av asylsøkarar og flyktningar kan i tråd med statistikkdirektiva til OECD/DAC godkjennast som offisiell bistand. Regjeringa foreslår at 337,8 mill. kroner av utgiftene på kap. 490, post 01, post 21, post 60, post 70 og post 71, blir rapporterte som bistand. I samband med dette foreslår regjeringa å inntektsføre 343,9 mill. kroner på kap. 3490, post 04, i 2020.

Post 05 Refusjonsinntekter

Posten består av refusjon for at andre verksemder har brukt IKT-systemet DUF, refusjon for deltaking i europeiske samarbeidsprosjekter og andre mindre refusjonar. På bakgrunn av erfaringstal blir det foreslått å løyve 7 mill. kroner i 2020. Det blir foreslått at løyvinga på kap. 490, post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3490, post 05, jf. forslag til vedtak.

Post 06 Beskyttelse til flyktninger utenfor Norge mv., ODA-godkjente utgifter

Utgifter knytte til overføring av flyktningar kan i tråd med statistikkdirektiva til OECD/DAC godkjennast som offisiell bistand. Regjeringa foreslår at utgiftene på kap. 490, post 73 blir rapporterte inn som bistand. I samband med dette foreslår regjeringa å inntektsføre 22 mill. kroner på kap. 3490 post 06, i 2020.

Post 07 Tolk og oversettelse, ODA-godkjente utgifter

Utgifter til tolk, omsetjing og informasjon i samband med asylsøkarprosessen kan ifølgje statistikkdirektiva til OECD/DAC godkjennast som offisiell bistand. Det blir foreslått at utgiftene på kap. 490, post 22, blir rapporterte som bistand. I samband med dette blir det foreslått å inntektsføre 20,6 mill. kroner på kap. 3490, post 07 i 2020.

Post 08 Internasjonalt migrasjonsarbeid og reintegrering i hjemlandet, ODA-godkjente utgifter

Utgifter knytte til reintegrering av personar som blir returnerte til opphavslandet eller til tredjeland, og tiltak som bidrar til samarbeid om retur, returavtalar, oppbygging av migrasjonsforvaltninga i sentrale opphavs- og transittland og velordna migrasjon, kan godkjennast som offisiell internasjonal bistand ifølgje statistikkdirektiva til OECD/DAC. Regjeringa foreslår at relevante utgifter under kap. 490, post 72 og kap. 400, post 23, blir rapporterte inn som bistand. I samband med dette foreslår regjeringa å inntektsføre 113,7 mill. kroner på kap. 3490, post 08, i 2020.

Kap. 491 Utlendingsnemnda

(i 1 000 kr)

Post

Betegnelse

Regnskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Driftsutgifter, kan nyttes under post 21

308 482

293 582

285 316

21

Spesielle driftsutgifter, nemndbehandling, kan nyttes under post 1

9 675

6 370

12 625

Sum kap. 0491

318 157

299 952

297 941

Utlendingsnemnda er klageinstans for vedtak UDI har gjort, og skal bidra til ei samstemd, effektiv, rettssikker, føreseieleg og brukarvennleg utlendingsforvaltning som brukarane har tillit til. UNE vurderer både asylsaker og opphaldssaker i tillegg til saker om statsborgarskap. UNE saksbehandlar òg omgjeringsoppmodingar på eigne vedtak. I 2018 utgjorde omgjeringsoppmodingane 28,3 pst. av dei behandla sakane. UNE har òg ei egen prosedyreeining, som prosederer ein del av UNEs saker i rettssystemet i samarbeid med Regjeringsadvokaten.

Fleirtalet av vedtaka som blir gjorde av UNE, blir gjorde av UNEs sekretariat eller av nemndleiaren etter førebuing i sekretariatet. I 2018 vart 456 av totalt 9 650 av vedtaka gjorde i nemndmøte (4,7 pst.). 3 vedtak vart gjorde i stornemnd (utvida nemnd).

På grunn av reduksjon i talet på asylsøkarar til Noreg vart saksbehandlingskapasiteten i UNE redusert i 2018. UNE har i 2018 derfor vært oppteken av å nedbemanne organisasjonen. Per 31.12.2017 hadde UNE 314,4 årsverk. Per 31.12.2018 var tilsvarande tal 252,7. Nedbemanninga har halde fram gjennom 2019.

Figur 2.38 Behandla og ubehandla asylsaker, UNE, 2014–30. juni 2019

Figur 2.38 Behandla og ubehandla asylsaker, UNE, 2014–30. juni 2019

Kilde: UNE

Figur 2.39 Gjennomsnittleg saksbehandlingstid for klager i asylsaker i månader, UNE, 2014–30. juni 2019

Figur 2.39 Gjennomsnittleg saksbehandlingstid for klager i asylsaker i månader, UNE, 2014–30. juni 2019

Kilde: UNE

I 2018 mottok UNE 27 pst. færre opphaldssaker (andre sakstypar enn asyl) enn i 2017.

Figur 2.40 Talet på ubehandla opphaldssaker hos UNE fordelt på sakstype, 2014–30.juni 2019

Figur 2.40 Talet på ubehandla opphaldssaker hos UNE fordelt på sakstype, 2014–30.juni 2019

Kilde: UNE

Som omtalt under kap. 490 har regjeringa lagt fram ein lovproposisjon om tilbakekall av statsborgarskap på grunn av uriktige opplysningar m.m. Det er foreslått endringar i statsborgarregelverket slik at forvaltningsbehandlinga blir styrkt med fritt rettsråd og behandling i nemnsmøte i UNE med personleg frammøte. Dette vil medføre at det blir fleire ressurskrevjande saker som skal behandlast i UNE i 2020, inkludert saker som har vore sette på vent fram til oppfølginga av Stortingets oppmodingsvedtak.

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under kap. 491, post 21

Løyvinga på posten skal dekke utgifter til drift av utlendingsnemnda (UNE). Per 30. juni 2019 var bemanninga i UNE på 227 årsverk.

På bakgrunn av låge prognosar for saksinngang foreslår regjeringa å redusere posten med 13,8 mill. kroner i 2019. På same grunnlag blir det òg foreslått å redusere løyvinga til barnefagleg kompetanse med 2 mill. kroner.

Regjeringa foreslår å løyve 7,5 mill. kroner på kap. 491, post 01, for å gjennomføre lovendringane knytte til tilbakekall av statsborgarskap og for å byggje ned talet på ubehandla saker i denne porteføljen, jf. omtale ovanfor.

Det blir òg foreslått ei flytting av 4,6 mill. kroner frå kap. 491, post 01 til kap. 491, post 21.

Samla foreslår regjeringa ei løyving på posten på 285,3 mill. kroner. Gitt dei gjeldande prognosane og samansetninga av saker legg løyvingsforslaget til rette for å vidareføre situasjonen med relativt korte saksbehandlingstider.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, nemndbehandling, kan nyttast under kap. 491, post 01

Løyvinga på posten skal dekke utgifter i samband med nemndmøte. Det er den enkelte nemndleiaren som, ut frå regelverket, avgjer om det skal setjast nemnd i den enkelte saka. Nemndutgiftene omfattar bl.a. godtgjersle for reise og opphald for nemndmedlemmer og tolkar i tillegg til reise- og opphaldsutgifter for advokatar og klagarar. Posten skal òg dekke sakskostnadene til klagaren ut frå forvaltingslova § 36 og i tillegg reise- og opphaldsutgifter for sakføraren i samband med tvunge verneting for utlendingssaker.

Det blir foreslått å auke løyvinga med 4,6 mill. kroner mot tilsvarande reduksjon på kap. 491, post 01.

Regjeringa foreslår å løyve 2 mill. kroner på kap. 491, post 21, for å gjennomføre lovendringane knytte til tilbakekall av statsborgarskap og for å byggje ned talet på ubehandla saker i denne porteføljen, jf. omtale ovanfor. Samstundes foreslår regjeringa å redusere løyvinga med posten med 0,5 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett 2019, som følgje av lågare prognosar for annan saksinngong.

Samla foreslår regjeringa ei løyving på posten på 12,6 mill. kroner.

Fotnoter

1.

Utgiftene til mottak og retur av asylsøkarar i løpet av det første året i Noreg, og stønad til reintegrering i heimlandet, blir klassifisert som offisiell utviklingshjelp etter retningslinjene til OECD/DAC. Sjå òg omtalen under kap. 3490.

2.

Omfattar ikkje tilbakekallssaker. Sjå omtale av tilbakekallssaker under pkt. 1.3.1 under programkategoriomtalen.

3.

Ordninga er regulert i RS G-02/2016 Retningslinjer for arbeidet med assistert retur med vedlegg. Departementet har forskrift om tilskudd til assistert retur og tvangsretur på offentleg høyring og tar sikte på å iverksette forskriften i løpet av 2019.

Til forsiden