Prop. 1 S (2019–2020)

FOR BUDSJETTÅRET 2020 — Utgiftskapittel: 1400–1482 Inntektskapittel: 4400–4481 og 5578

Til innhaldsliste

Del 1
Innleiing

1 Om klima- og miljøutfordringane

Klimautfordringane

Det er brei semje om at det å løyse klima- og miljøutfordringane er blant dei største oppgåvene vi står overfor i vår tid. Klima- og miljøendringane påverkar menneska si helse, livsgrunnlag og verdiskaping. Oppvarming av klimasystemet er utvitydig, og den menneskelege påverknaden er klar, ifølgje den siste hovudrapporten frå FNs klimapanel. Klimaendringane er eit resultat av menneskeskapte utslepp av klimagassar frå blant anna energiproduksjon og -bruk, industri, transport og landbruk sidan førindustriell tid.

Utsleppa held fram med å auke, og dei har ført til at konsentrasjonen av CO2 i atmosfæren i dag, i følgje Verdas meteorologiorganisasjon(WMO), er 146 pst. høgare enn i førindustriell tid. Havet har teke opp ca. 30 pst. av dei menneskeskapte CO2-utsleppa. Det auka CO2-nivået i havet medfører auka havforsuring. Åra frå 2015 til 2018 har blitt stadfesta som dei fire varmaste åra som er registrert globalt, og 2017 er framleis det varmaste enkeltåret nokosinne registrert (om lag 1,1 grad varmare enn i førindustriell tid). Ifølgje WMO var jorda si overflate i 2018 om lag 1,0 grad varmare enn i før-industriell tid, og mesteparten av denne temperaturaukinga har skjedd sidan midten av 1970-talet. Gjennomsnittet av dei fire siste åra er 1,04 grader over førindustrielt nivå.

Parisavtala under FNs klimakonvensjon tok til å gjelde 4. november 2016. Målet med avtala er å styrkje den globale innsatsen mot klimaendringane, å avgrense den globale temperaturauken til godt under 2 grader samanlikna med førindustrielt nivå, og å søkje å avgrense oppvarminga til 1,5 grader.

I 2018 publiserte FNs klimapanel ein spesialrapport om 1,5 grads global oppvarming som viste at det vil vere betydelege gevinstar ved å avgrense oppvarminga til 1,5 grader samanlikna med 2 grader. Det vil mellom anna bli mindre ekstremvêr der folk bur og 10 millionar færre menneske vil vere utsette for risiko frå havnivåstigning. Det blir mindre reduksjonar i globale kveite-, mais- og risavlingar, opptil 50 pst. færre menneske vil oppleve vassmangel og fleire hundre millionar færre menneske blir utsette for fattigdom og risiko frå klimaendringar. I tillegg blir risikoen redusert for å utløyse kritiske vippepunkt, mellom anna kan 70–90 pst. av verdas varmtvasskorallrev bli øydelagt ved 1,5 grader, mens så å seie alle (99 pst.) kan bli borte ved 2 grader. For å avgrense oppvarming til 1,5 grader, må globale utslepp av klimagassar reduserast med 40–50 pst. innan 2030 samanlikna med 2010. I 2050 må nettoutsleppa av CO2 vere netto null, det vil seie at det må fjernast minst like mykje CO2 frå atmosfæren som det blir sleppt ut, ettersom det ikkje er realistisk å fjerne absolutt alle utslepp. Det er òg nødvendig med kraftige reduksjonar i utsleppa av andre klimagassar, særleg metan.

Endringar i klima skaper nye utfordringar for menneska og samfunnet. Eit varmare klima med større nedbørsmengder fører blant anna til overfløyming, jordras og auka forureining. Skadelege framande arter vil tilpasse seg i den norske naturen, mange arter og bestandar flytter seg lenger nord eller høgare til fjells om det er mogleg, eller dei blir borte frå norsk natur. Fjorårets tørkesommar viste tydeleg at jordbruksavlingar og buskap kan vere utsette for skade i eit endra klima.

Ringverknadene av klimaendringar i andre delar av verda kan òg få store konsekvensar for Noreg. Dette er understreka blant anna av Klimarisikoutvalet i deira rapport1. I følgje ein rapport frå EY2 vil den mest akutte verknaden vere auka behov for bistand og naudhjelp som følgje av hyppigare og kraftigare ekstremvêr, flaum, tørke og mangel på vatn. Det er påvist tydelege samanhengar mellom slike verknader, fattigdomsutvikling og humanitære kriser blant menneske som bur i sårbare område.

Endringar i havmiljøet

Dei store havområda under norsk jurisdiksjon, og vår avhengnad av og tilknyting til havet både i fortid, notid og framtid, inneber eit særskilt forvaltingsansvar for å sikre vel fungerande marine økosystem, reine hav og rein kyst.

Viktige utviklingstrekk i norsk og internasjonal havforvalting er omstilling i havbaserte næringar, globale diskusjonar under FN om forvalting av hav og havressursar, ei aukande erkjenning av økosystema si rolle i havøkonomien, og havet si rolle som ein del av løysinga på globale utfordringar. Ifølgje rapporten The Ocean Economy in 2030, utgitt av Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD) i 2016, har verdas havområde stort potensial for økonomisk vekst gjennom nye næringar og utvikling av eksisterande næringar. Ein føresetnad for å realisere havets potensial fullt ut, er god miljøtilstand og at havområda blir nytta på ein ansvarleg og berekraftig måte. Samstundes står vi i dag overfor truslar mot havmiljøet spesielt i form av klimaendringar og forsuring av havet og marin forsøpling.

I følgje FNs klimapanels femte hovudrapport frå 2014 ser vi verknader av klimaendringane på marine økosystem over heile kloden. Klimaendringane forsterkar den negative påverknaden frå andre faktorar som fiskeri, utbygging av kystsona og tilførsler av forureining og avfall. Dei tropiske korallreva er hardt ramma. Omtrent halvparten av desse er ifølgje FNs naturpanel allereie øydelagt. I heimlege farvatn ser vi at utbreiinga av plankton, fisk, sjøfugl og botndyr flytter seg nordover som følgje av varmare havvatn, og at leveområda for arktiske arter krympar.Andre endringar som havnivåstigning, lågare oksygennivå og surare hav kan òg få stor betydning for marine økosystem i åra framover. Dersom utsleppa ikkje blir reduserte vil konsekvensen av vedvarande oppvarming og forsuring ifølgje FNs klimapanel bli ein global nedgang i havet sin biologiske produktivitet og i fangstpotensial for fisk, særleg på låge breiddegrader. Konsekvensane av havnivåstigning og meir ekstremvêr for økosystem og samfunn i lågtliggjande kystområde og små øyar er òg venta å bli svært alvorlege.Neste toppmøte under Klimakonvensjonen (COP25) i Chile vil ha ein særskilt merksemd på hav. I september 2019 kjem også spesialrapporten The Ocean and Cryosphere in a Changing Climate frå IPCC om havet og kryosfæren (overflater med sjøis, is og permafrost) som blant anna vil handle om korleis klimaendringane påverkar hav-, kyst-, fjell-, og polare økosystem.

Marin forsøpling og spreiing av mikroplast

Marin forsøpling og spreiing av mikroplast er eit raskt aukande globalt miljøproblem og ein trussel mot både dyreliv langs kyst og i hav, mot sjømatressursane og menneska sin bruk av kyst- og havområda. I Noreg er det særleg plastavfall frå fiskeri- og oppdrettsnæringa og avfall frå forbrukarar som er dei største kjeldene til marin forsøpling. På global basis kjem dei største mengdene marint avfall frå land i rask økonomisk vekst og utan tilfredsstillande system for behandling av avfall. Plastavfall blir svært sakte brote ned i havdjupet. Det er usikkert om det nokon gong vil forsvinne, eller berre endar opp som små mikro- og nanoplastpartiklar. Det er behov for meir kunnskap om effektane av mikroplast i havet på helsa til dyr og menneske. Den raske auken av plast i havet, og dei skadane ein allereie ser, gjer at dette er rekna som ein av dei viktigaste truslane mot havmiljøet. Utslepp, spreiing og effektar av mikroplast til luft, jordsmonn og ferskvatn er òg område der det krevst meir kunnskap.

Eit reint miljø og trygge forbrukarprodukt

Miljøgifter er ein av dei tre viktigaste globale miljøutfordringane saman med klimagassutslepp og tap av biologisk mangfald. Eit reint miljø er ein føresetnad for at vi fritt skal kunne bruke naturen, hauste av naturressursane og beskytte menneske si helse. Mykje av norsk verdiskaping, produksjon og velferd er derfor avhengig av eit reint miljø. Utslepp av helse- og miljøskadelege kjemikaliar frå norske kjelder har gjennom mange års innsats blitt tydeleg redusert. Utfordringane no ligg særskilt i langtransporterte luft- og havforureining og i produkt som inneheld miljøgiftar. Dei farlegaste kjemikaliane og miljøgiftene blir sakte brotne ned i naturen og hopar seg opp i næringskjedene. Miljøgiftene er derfor eit alvorleg trugsmål mot helse for kommande generasjonar, mot mangfaldet i naturen og mot matforsyning.

Tap av naturmangfald

Naturen er sjølve livsgrunnlaget vårt. Mangfaldet i naturen gir oss blant anna tilgang til reint vatn og luft, mat, medisinar og byggjematerialar. Naturen medverkar òg med betydelege opptak av klimagassar. Bevaring av skogane i verda kan vere så mykje som ein tredel av klimaløysinga. Robuste økosystem kan dempe effekten av klimaendringane for eksempel i form av flaumdemping og vassreinsing eller beskyttelse mot erosjon. Mange økosystem er så belasta av negativ påverknad at dei ikkje lenger leverer dei goda eller held ved lag dei naturlege prosessane som menneska er heilt avhengige av. I mai la Naturpanelet fram sin globale rapport om naturens tilstand. Rapporten stiller saman kunnskap frå nær 15.000 vitskapelege kjelder, og fortel oss at dyr, planter og økosystem blir utrydda i eit tempo vi aldri før har sett i mennesket si historie. Vi hentar ut stadig meir mat, energi og materialar frå naturen, for å dekkje eit aukande forbruk til ei veksande global befolkning. Vårt samla avtrykk er no så omfattande at vi drastisk reduserer naturen si evne til å levere grunnleggjande tenester som reint vatn, luft og stabil tilgang til mat i framtida.

Berekraftig bruk av areala er avgjerande for å nå klimamåla og ta vare på biologisk mangfald. Både Naturpanelets globale rapport og Klimapanelets spesialrapport om klimaendringar og landareal, viser til at landbaserte tiltak for å restaurere og bevare viktige økosystemtenester kan bidra både til auka karbonbinding og klimatilpassing.

Tapet av naturmangfald er både ei nasjonal og ei internasjonal utfordring. I Noreg er det risiko for tap av naturmangfald, særleg som følgje av arealinngrep, arealbruksendringar og spreiing av framande arter. I havet gir marin plastforsøpling og havforsuring store utfordringar for mangfaldet av planter og dyr. Klimaendringane forsterkar truslane både på land og i havet, og har ein aukande negativ påverknad. Ein føresetnad for å lukkast å oppnå måla i Parisavtala og FNs berekraftsmål, er å ta vare på naturmangfaldet.

Eit rikt naturmangfald og lett tilgang til naturområde er viktig for folkehelsa. Friluftsliv er den vanlegaste forma for fysisk aktivitet i Noreg, og er ei viktig kjelde til helse og livskvalitet for ein stor del av befolkninga.

Vern om kulturminne og kulturmiljø

Kulturminne og kulturmiljø utgjer vårt kollektive minne om samfunn og levekår i tidlegare tider og er ein integrert del av klima- og miljøpolitikken. Dette er ressursar som ikkje kan fornyast, og dei representerer både miljømessige, kulturelle, sosiale og økonomiske verdiar og er ei viktig kjelde til kunnskap og opplevingar.

Mange norske byar og stader har ein struktur som kan sporast tilbake til mellomalder eller seinare. Urbanisering og auka tilflytting til byar og tettstader fører til press for endra bruk av areal og eksisterande bygningar og anlegg. I arbeid med byutvikling er det ei utfordring og eit mål at kulturminna og samansette kulturmiljø vert integrerte i planlegginga slik at dei kan medverka sterkt til gode bu- og lokalmiljø med særpreg og attraktivitet. Redusert energiforbruk, utslepp og avfallsproduksjon er viktige overordna mål i miljøpolitikken. Energieffektivisering, gjenbruk og bevaring av eksisterande bygg er bidrag til å nå desse måla.

Det er foreløpig avgrensa med studiar av klimagevinsten ved riving kontra nybygg. Riksantikvaren har fått laga ein studie av riving av ein mindre ikkje isolert einebustad i tre. Den viser at det tek 52 år før det er meir klimavennleg å byggje nytt. Tiltaka som vart utførte på huset var isolering av vassrøyr, tetting rundt vindauge og dører, etterisolering av etasjeskiljet mot loft og kjellar, ny varmekjelde og varmegjenvinning for gråvatn.

Det ligg også føre ein studie av Rådhuset i Bergen. Det er ein betongkonstruksjon. Studien viser ein reduksjon på 31 pst. i klimagassutslepp for rehabilitering i forhold til nybygg med ei levetid på 60 år. Klimagassutslepp frå byggjematerialar blir reduserte med 73 pst. Dette skuldast ein signifikant reduksjon i materialbruk samanlikna med nybygg. Det skuldast at store tunge delar av bygninga, som grunn, fundament og beresystem i armert betong, blir tekne vare på, og materialforbruket blir monaleg redusert. Kjelde: Rambøl – N-Not 06 Klimagassutslipp Bergen Rådhus.

Riksantikvaren har bestilt ein større metastudie som vil gi meir og breiare data. Studien vil ta for seg bygningar der det er krav om ulike grader av bevaring. Den vil liggje føre ved utgangen av 2019. Vi ventar at det vil gi oss eit betre verktøy for heilskaplege klimaanalysar av alt frå energibruk til arealeffektivitet.

Å ta vare på og skjøtte dei gamle kulturlandskapa er viktige for artsmangfaldet.

I dag er breidda stor og verkemidla i kulturminnearbeidet mange. I eit samfunn der endringstempoet er høgare enn nokon gong, blir det stilt store krav til at forvaltinga skal vere tydeleg og føreseieleg. Dette gjeld særleg i og omkring dei store byane. Samstundes kan nye miljøutfordringar verke direkte inn på korleis samfunnet vernar dei kulturhistoriske verdiane sine.

Miljøutfordringar i nord – og polarområda

Klimaendringar og auka menneskeleg aktivitet gir miljøutfordringar i Arktis og Antarktis. Polarområda i nord og sør har ei nøkkelrolle i det globale klimaet, og issmelting i Arktis og Antarktis er avgjerande for havnivået i framtida.

Rapporten «Climate in Svalbard 2100» bereknar klimaendringane på Svalbard fram mot år 2100, for å gi eit kunnskapsgrunnlag for klimatilpassing. Rapporten viser at årstemperatur og årsnedbør vil auke kraftig. Det vil bli fleire hendingar med kraftig nedbør, oppvarming av permafrosten og auka førekomst av skred. Klimaendringane fører med seg utfordringar for arealplanlegginga i lokalsamfunna. Det gjeld auka fare for flaum og skred og skadar på bygg på grunn av mindre permafrost og opptining av grunnen.

Ein særskilt effekt av klimaendringane dei siste åra er mindre fjordis på vestkysten av Svalbard. Fjordområde med beskyttande brefrontar som framleis har stabil fjordis vinterstid, slik som Van Mijenfjorden, blir difor stadig viktigare for isavhengige arter som ringsel og isbjørn. Samstundes blir desse områda meir attraktive for mellom anna reiselivet. Meir isbjørn i Van Mijenfjorden har også medført auka ferdsel av folk som forstyrrar dyrelivet der.

Klimaendringane i polarområda har gjort det lettare for framande arter å finne fotfeste der. Fleire nye arter kjem på naturleg vis med havstraumane og kan etablere seg som følgje av varmare hav og generelt varmare klima. Andre arter blir introduserte gjennom menneskeleg aktivitet. Framande artar er ein trussel mot det naturlege, arktiske artsmangfaldet.

Klimaendringane kan påverke økosystema også i Sørishavet. Ei utvikling mot varmare og ferskare vatn og gradvis flytting av frontsystem sørover vil kunne føre til endringar for nøkkelarter, slik som kril, som igjen påverkar livsgrunnlaget for pingvinar og andre marine pattedyr.

Marin forsøpling og mikroplast i havet og på strendene rundt Svalbard er identifisert som eit aukande problem. Mellom anna kan det føre til alvorlege skader på dyr. Mindre is og villare vêr gir òg større erosjon på strendene, og kulturminna som ligg nært sjøen, står i fare for å rase i havet.

Klima- og miljøutfordringane må løysast både nasjonalt og internasjonalt

Regjeringas klima- og miljøpolitikk byggjer på føre var-prinsippet og forvaltaransvaret. FNs berekraftsmål ser miljø, økonomi og sosial utvikling i samanheng. Dei er universelle og gjeld for alle land, også Noreg. Klimautfordringane kan berre løysast gjennom globalt samarbeid, men Noreg må òg redusere eigne utslepp. Alle samfunnssektorar har eit sjølvstendig ansvar for å leggje miljøomsyn til grunn for aktivitetane sine og for å medverke til at dei nasjonale klima- og miljøpolitiske måla kan bli nådde.

Klima- og miljødepartementet har ansvaret for å samordne og utvikle regjeringas klima- og miljøpolitikk, og arbeider for klima- og miljøvennlege løysingar i alle samfunnssektorar. Sektorane har òg ansvar for å sikre at kunnskap om eigen påverknad på klima og miljø, og kunnskap om moglege løysingar og tiltak, blir ivareteke i forsking, overvaking og anna kunnskapsproduksjon.

I forvaltinga for eit berekraftig samfunn som tek vare på naturkapitalen står følgjande prinsipp sentralt:

  • Klima- og miljøpolitikken skal vere basert på kunnskap. Å hente inn kunnskap frå kjelder som forsking, overvaking, kartlegging og kunnskapssamanstillingar står sentralt. Bidrag frå internasjonale kunnskapsprosessar som FN sitt klimapanel (IPCC) og Naturpanelet (IPBES) er viktig.

  • Føre var-prinsippet, som er nedfelt i forureiningslova, naturmangfaldlova, kulturminnelova og svalbardmiljølova, seier at dersom det er fare for at ein aktivitet kan skade miljøet og kunnskapen er mangelfull, skal ein ta tilstrekkelege forholdsreglar mot slik skade, eller late vere å gjennomføre aktiviteten.

  • Prinsippet om samla belastning står sentralt i naturmangfaldlova og inneber at ein skal leggje vekt på summen av påverknad på naturmangfaldet, både område, naturtypar og arter, når planar skal leggjast og vedtak skal fattast.

  • Forureinar betaler-prinsippet inneber at den som har ansvaret for at forureining skjer, skal dekkje kostnadene ved at forureining blir påført samfunnet. Dette er prinsippet for ei rekkje miljøavgifter, til dømes CO2-avgifta. Etter forureiningslova har den som forureinar òg ansvaret for å rydde opp. Tilsvarande har naturmangfaldlova eit prinsipp om at kostnadene ved at miljøet blir dårlegare skal berast av tiltakshavar. Kulturminnelova har føresegn om at tiltakshavar skal betale kostnader ved arkeologiske undersøkingar av automatisk freda kulturminne. Svalbardmiljølova har òg slike føresegner.

Internasjonalt samarbeid er avgjerande for å løyse dei globale klima- og miljøutfordringane.

Klima- og miljødepartementet deltek aktivt i ei rekkje internasjonale prosessar, og nyttar fleire verkemiddel for å påverke den globale miljøtilstanden. Departementet arbeider både bilateralt, regionalt og internasjonalt. Gjennom internasjonale forhandlingar medverkar Noreg til at landa i verda set felles målsetjingar for å for eksempel redusere produksjon og bruk av miljøgifter (Stockholmkonvensjonen og Minimatakonvensjonen), betre naturmangfaldet (FNs konvensjon om biologisk mangfald) og redusere klimagassar (Klimakonvensjonen). Internasjonale avtaler får òg konsekvensar nasjonalt. Til dømes dannar berekraftmåla og Parisavtala viktige rammer for Noregs nasjonale og internasjonale klima- og miljøarbeid.

EU er ein pådrivar i internasjonal miljøpolitikk og ein viktig samarbeidspart for Noreg. Ein stor del av EUs miljøpolitikk blir innlemma i norsk regelverk som følgje av EØS-avtala, blant anna regelverk på område som avfall, kjemikaliar, industriutslepp, luftkvalitet og vassforvalting. Noreg deltek fullt ut i EUs klimakvotesystem. Noreg og EU arbeider no for ei felles oppfylling av klimamåla for 2030.

Dei globale miljøutfordringane må òg sjåast i samanheng med internasjonal handel, investeringar og finanssektoren. Klima- og miljødepartementet arbeider for at bilaterale, regionale og multilaterale handels- og investeringsavtaler vert utforma slik at dei fremjar grøn vekst og støttar opp om klima- og miljøomsyn.

Departementet nyttar og bilaterale samarbeid for å styrke miljøforvaltinga i utviklingsland og bidra til at dei tar på seg forpliktingar. Gjennom Klima- og skoginitiativet samarbeider departementet med dei største regnskoglanda i verda om å reduserer og reversere tap av tropisk skog.

For meir informasjon om internasjonalt klima- og miljøarbeid, sjå programkategori 12.10 Fellesoppgåver, forsking, internasjonalt arbeid mm, 12.20 Klima, naturmangfald og forureining, 12.60 Nord og polarområda, 12.70 Internasjonalt klimaarbeid og Del III Omtale av særskilte sektorovergripande klima- og miljøsaker.

2 Resultatområde og nasjonale mål i klima- og miljøpolitikken

Klima- og miljøpolitikken er delt opp i seks resultatområde. Resultatområda er etablerte for å vise heilskapen i Klima- og miljødepartementets politikkområde, og for å gjere synleg at klima og miljø er eit ansvar for heile samfunnet.

På kvart resultatområde er det tilhøyrande nasjonale mål som speglar kva Noreg vil oppnå på området. Klima- og miljødepartementet fastsett årleg eit sett med indikatorar for alle dei nasjonale måla. Mål og indikatorar går fram av Miljøstatus.no

Under følgjer ei nærare omtale av resultatområda og dei nasjonale måla.

2.1 Naturmangfald

Nasjonale mål:

  • Økosystema skal ha god tilstand og levere økosystemtenester.

  • Ingen arter og naturtypar skal utryddast, og utviklinga til truga og nær truga arter og naturtypar skal betrast.

  • Eit representativt utval av norsk natur skal takast vare på for kommande generasjonar.

Naturmangfaldet er grunnlaget for menneska sitt liv på jorda. Vel fungerande økosystem er ein føresetnad for stabilitet, velferd og vekst. Naturen reinsar vatn og luft, resirkulerer næringsstoff, bind jordsmonn, produserer mat, dempar flaumar, lagrar karbon, beskyttar mot erosjon og syter for pollinering av planter. Naturen medverkar òg til verdiskaping og arbeidsplassar og opplevingar. Ein mangfaldig natur gir meir robuste økosystem som er betre i stand til å tilpasse seg endringar i naturen, blant anna klimaendringane.

Gjennom dei siste tiåra er det globale naturmangfaldet vesentleg redusert. Situasjonen i Noreg er meir positiv, men her òg finst det utfordringar. Naturindeksen for Noreg (sjå omtale i boks 2.1) viser at det er utfordringar i fleire hovudøkosystem, blant anna i våtmark i lågareliggjande og kystnære strøk, i havområda ved Svalbard, i Nordsjøen og i Skagerrak og i ope lågland (kulturbetinga naturtypar) i Sør-Noreg. Regjeringa har som ei oppfølging av naturmangfaldmeldinga sett i gang arbeid med å klargjere kva som er å rekne som god tilstand i dei ulike økosystema og å fastsetje forvaltingsmål.

Boks 2.1 Naturindeksen for Noreg

Naturindeksen for Noreg 2015 er basert på 301 indikatorar og viser tilstand og utviklingstrendar for naturmangfaldet i dei store økosystema havbotn, opne vassmassar i havet, kystvatn – botn og kystvatn – vassmassane, elvar og innsjøar, våtmark, skog, fjell og kulturbetinga naturtypar i ope landskap. Dei fleste forskingsinstitusjonar som arbeider med naturovervaking er involverte i arbeidet, og i alt var 85 ekspertar involvert i oppdatering av Naturindeks for Noreg 2015. Ny naturindeks vil bli presentert i 2020. For meir informasjon om Naturindeks for Noreg 2015 sjå www.naturindeks.no.

For å hindre at arter og naturtypar i norsk natur blir utrydda, må vi ha spesiell merksemd på dei artene og naturtypane som er truga. Dette er arter og naturtypar der det er ekstremt høg eller høg risiko for at dei kan forsvinne frå norsk natur. Ei truga art eller naturtype er definert som ei art eller ein naturtype i ein av kategoriane kritisk truga, sterkt truga eller sårbar på Norsk raudliste for arter 2015 eller Norsk raudliste for naturtypar 2018. Tabell 2.1 gir ei oversikt over truga arter og naturtypar i dei ulike hovudøkosystema.

Tabell 2.1 Talet på truga arter og naturtypar i hovudøkosystema

Hovudøkosystema i Noreg

Talet på truga arter1

Talet på truga naturtypar2

Hav og kystvatn

41

6

Elvar og innsjøar

147

4

Våtmark

183

8

Skog

1 122

10

Fjell

87

3

Kulturlandskap og ope lågland

1 187

14

Polare område (Svalbard)

55

8

1 Tala er i utgangspunktet basert på Norsk raudliste for arter frå 2015, men er litt endra fordi inndelinga av økosystema er endra som følgje av naturmangfaldmeldinga.

2 Tala er frå Norsk raudliste for naturtypar frå 2018.

Dei områda som er verna etter naturmangfaldlova utgjer ein viktig del av den norske naturen, og det er ei prioritert oppgåve å oppretthalde tilstanden i desse områda ved god forvalting. Om lag 17 pst. av fastlands-Noreg er no verna som nasjonalparkar, naturreservat eller landskapsvernområde. Om lag 80 pst. av det verna arealet på fastlandet blir forvalta av nasjonalpark- og verneområdestyra som består av representantar frå kommunar og fylkeskommunar, desse har tilknyting til verneområdet, i tillegg til representantar oppnemnde av Sametinget der det er aktuelt.

Om lag 75 pst. av nasjonalparkane, 70 pst. av landskapsvernområda og litt over 20 pst. av naturreservata ligg i fjellet. Om lag 35 pst. av arealet over 900 meter over havet er verna. Det finst naturtypar i fjellet som treng betre vern, men i hovudsak reknar ein målet om representativt vern av fjellet som oppnådd. Ved utgangen av 2018 var 4,8 pst. av skogen, under dette 3,46 pst. av den produktive skogen, verna mot hogst. Det er eit mål å verne 10 pst. av skogarealet. Produktiv skog har som hovudregel det største naturmangfaldet, så det blir arbeidd vidare for å verne slik skog. I 2016 var 15,7 pst. av våtmark, 13,6 pst. av elvar og innsjøar og 12,1 pst. av områda i ope lågland, under dette kulturlandskapet, verna. Nye tal for desse tre hovudøkosystema blir presenterte i løpet av 2019. Sjølv om omfanget av verna areal gir relativt god dekning for desse tre hovudøkosystema, er det framleis behov for å verne fleire naturtypar. Om lag 3,1 pst. av hav og kystvatn innafor 12 nautiske mil (territorialfarvatnet) er verna. Her er det langt igjen før målet om representativt vern er oppnådd.

2.2 Kulturminne og kulturmiljø

Nasjonale mål:

  • Tapet av verneverdige kulturminne skal minimerast.

  • Eit prioritert utval automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne skal ha eit ordinært vedlikehaldsnivå innan 2020.

  • Eit representativt utval kulturminne og kulturmiljø skal vere vedtaksfreda innan 2020.

  • Freda bygningar, anlegg og fartøy skal ha eit ordinært vedlikehaldsnivå innan 2020.

Dei nasjonale måla er forankra i Meld. St. 35 (2012–2013) Framtid med fotfeste.

Regjeringa vil leggje fram ei melding om kulturminnepolitikken for Stortinget våren 2020, der forslag til nye mål vil bli nærare omtalt og forankra.

Kulturminne og kulturmiljø er viktige delar av samfunnet sitt kollektive minne. Historiske bygningar, bymiljø, landskap og arkeologiske spor er kjelder til historia om samfunnet si utvikling, om enkeltmennesket sitt liv og om korleis menneska har brukt og innretta seg etter naturen og samfunnet gjennom tidene. Kulturminnepolitikken skal forvalte dei kulturhistoriske verdiane som eit kulturelt og miljøvist ressursgrunnlag for morgondagens samfunn.

Kulturminne og kulturmiljø utgjer verdiar som gir stader særpreg og eigenart, og er ein ressurs i utvikling av gode lokalsamfunn og gode næringar. Døme viser at lokalsamfunn som tek i bruk kulturarven, skaper ei rekkje moglegheiter for befolkninga. Kulturarv kan vere eit konkurransefortrinn ved val av bustad, ved etablering av verksemder og ved utvikling av reiseliv. Kulturarv kan òg medverke til å skape attraktive miljø for utviklinga av ulike kultur- og tradisjonsprodukt innanfor til dømes handverkstradisjonar, kunsthandverk og lokale matvarer.

Kunnskapsløftet for kulturminnefeltet vart i hovudsak fullført i 2017 med unntak av delprosjektet Kulturminner i kommunene som blir ført vidare. Mange kommunar har oppdatert oversikt over eigne verneverdige kulturminne og kulturmiljø. Om lag 375 kommunar har no vedteke eller er i gang med å utarbeide kulturminneplan. Gjennom arbeidet med lokale kulturminneplaner vil fleire kommunar få betre kunnskap, og tapet av verneverdige kulturminne og -miljø kan reduserast.

Kulturminnefondet er den viktigaste verkemiddelordninga for eigarar av verneverdige kulturminne. Tilskot frå Kulturminnefondet er eit effektivt bidrag til arbeidet med å betre rammevilkåra for private eigarar av kulturminne og til å stimulere til privat verneinnsats. Kulturminnefondet har i 2018 fordelt 109,1 mill. kroner til 672 tiltak, som medverkar til at eit mangfald av kulturminne og kulturmiljø kan nyttast som grunnlag for framtidige opplevingar, kunnskap, utvikling og verdiskaping.

Dei enkelte kulturminna og samansette kulturmiljø medverkar sterkt til lokalt særpreg og attraktivitet. Riksantikvarens bystrategi 2017–2020 er eit verktøy for arbeidet med forvalting av historiske bymiljø. Bystrategien har ein eigen handlingsplan som blir oppdatert jamleg. Strategien legg vekt på at vern og gjenbruk eller ny bruk av eldre bygningar og bystruktur er viktige ledd i det grøne skiftet.

Innan 2030 skal utsleppskutta i Noreg vere gjennomførte. Det betyr at vi må prioritere tiltak som reduserer utslepp så raskt som mogleg. Det ikkje sikkert at det i alle tilfelle er den beste løysinga å velje nybygg når gevinsten først kjem langt inn i framtida (om 50 år). Korleis vi handterer eksisterande bygningsmasse vil derfor vere ein viktig del av løysinga for å nå utsleppsmåla vi har i 2030.

2.3 Friluftsliv

Nasjonale mål:

  • Friluftslivet sin posisjon skal bli teken vare på og utvikla vidare gjennom ivaretaking av allemannsretten, bevaring og tilrettelegging av viktige friluftslivsområde og stimulering til auka friluftslivsaktivitet for alle.

  • Naturen skal i større grad brukast som læringsarena og aktivitetsområde for barn og unge.

Friluftsliv gir auka trivsel, betrar folkehelsa og aukar forståinga og interessa for å ta vare på naturverdiar. Friluftsliv er kjenneteikna av koplinga mellom fysisk aktivitet og naturopplevingar, og av at friluftsliv som regel ikkje har noko konkurranseelement. Spesielt viktig er naturen i nærmiljøet, som er den klart mest etterspurte arenaen for fysisk aktivitet i kvardagen.

Friluftslivet har ei sterk stilling i Noreg. Den norske naturen og landskapet, friluftsliv og eit nært forhold til naturen er ein viktig del av det nasjonale medvitet og ein integrert del av mange nordmenn sitt liv.

Undersøkingar viser at, forutan å få trim og bli i betre fysisk form, er det først og fremst fred og ro, naturoppleving og det å komme ut i frisk luft folk ønskjer når dei er på tur. Ifølgje SSB sine levekårsundersøkingar deltek meir enn 90 pst. av den norske befolkninga i friluftslivsaktivitet. I gjennomsnitt driv nordmenn med ein eller fleire friluftslivsaktivitetar meir enn 100 gonger i året. Fotturar er mest utbreidde, deretter følgjer bading utandørs.

Befolkningstettleiken aukar i byar og tettstader. Befolkninga har likevel ein unik nærleik til grøntområde i høve til andre land vi kan samanlikne oss med. Samstundes er tilgangen til grøntområde avgrensa i dei store byane, der berre halvparten av befolkninga har trygg tilgang til leike- og rekreasjonsareal.

Den lovfesta retten i friluftslova til å kunne ferdast fritt og opphalde seg i naturen (allemannsretten) og at ferdsel og opphald i naturen er gratis, er ein viktig føresetnad for at friluftsliv er svært utbreidd i Noreg. Allemannsretten si sterke stilling i Noreg heng nært saman med den vekta naturopplevingar har for folk i det daglege. Stadig fleire flytter til byar og tettstader, og då får naturen i og ved slike område ein endå viktigare funksjon som arena for rekreasjon, friluftsliv og naturopplevingar.

2.4 Forureining

Nasjonale mål:

  • Forureining skal ikkje skade helse og miljø.

  • Utslepp av helse- og miljøfarlege stoff skal stansast.

  • Veksten i mengda avfall skal vere vesentleg lågare enn den økonomiske veksten, og ressursane i avfallet utnyttast best mogleg gjennom materialgjenvinning og energiutnytting.

  • Å sikre trygg luft. Basert på dagens kunnskapsstatus blir følgjande nivå sett på som trygg luft:

    • Årsmiddel PM10: 20 µg/m3

    • Årsmiddel PM2,5: 8 µg/m3

    • Årsmiddel NO2: 40 µg/m3

  • Støyplager skal reduserast med 10 pst. innan 2020 i høve til 1999. Talet på personar som er utsette for over 38 dB innandørs støynivå skal reduserast med 30 pst. innan 2020 i høve til 2005.

Alle har rett til eit miljø som trygger helse og velferd, og til ein natur der mangfaldet og produksjonsevna blir teken vare på.

Trass i nivået for enkelte miljøgifter er på veg ned og industriutsleppa er kraftig reduserte i Noreg og andre vestlege land, er det likevel behov for ein særleg innsats framover både nasjonalt og ikkje minst internasjonalt for å stanse bruk og utslepp av dei prioriterte miljøgiftene (www.miljostatus.no/prioritetslista).

Boks 2.2 Nærare om to av dei nasjonale måla for arbeidet med forureiningar

Forureining skal ikkje skade helse og miljø:

Forureining i denne samanhengen er å forstå som utslepp av stoff som kan gi skade på helse og/eller miljø, jf. definisjonar i forureiningslova. Det nasjonale målet dekkjer potensielt helse- og miljøskadelege forureiningar, òg ved akutt forureining, der handtering og verkemiddelbruk i hovudsak er basert på risikovurderingar. Målet inneber at risiko for skade skal minimerast. Målet omfattar utslepp av helse- og miljøskadelege kjemikaliar, langtransportert luftforureining og radioaktive stoff. Målet omfattar den delen av nullutsleppsmålet for petroleumsverksemd som gjeld oljekomponentar som ikkje er miljøfarlege, og tilsette kjemikaliar som ikkje har ibuande miljøfarlege eigenskapar, og naturleg førekommande radioaktive stoff.

Utslepp av helse- og miljøfarlege stoff skal stansast:

Nokre typar forureiningar eller stoff kan ha så alvorlege konsekvensar at dei i hovudsak blir handterte og regulerte etter sine ibuande eigenskapar. Utslepp av slike helse- og miljøfarlege stoff skal kontinuerleg reduserast med intensjon om å stanse utsleppa. Det langsiktige målet er å oppnå konsentrasjonar i miljøet nær bakgrunnsnivå for naturleg førekommande stoff og nær null for menneskeskapte stoff. For dei prioriterte miljøgiftene i den spesifikke prioritetslista, for tida 66 stoff, skal bruk og utslepp reduserast vesentleg med sikte på å stanse utslepp innan 2020. Målet omfattar òg nullutsleppsmålet for naturleg førekommande og tilsette miljøfarlege stoff frå operasjonelle utslepp frå petroleumsverksemd, nokre radioaktive stoff, farleg avfall og radioaktivt avfall.

Mange miljøgifter er forbode, både i Noreg og andre land, og industriutsleppa er vesentleg reduserte. Det er difor lågare nivå av dei gamle miljøgiftene – som PCB og DDT – i til dømes fisk og skaldyr, enn for 20–30 år sidan.

Samtidig finn vi stadig nye miljøgifter, som bromerte flammehemmarar og fluorerte sambindingar (PFASer) i norsk natur. Noko skuldast lokale utslepp, men ein god del kjem også langveges frå, med luft- og havstraumar frå andre land. Produkta vi omgir oss med er også ei viktig kjelde. For desse kjeldene er arbeidet under EØS-avtala og globale avtaler særleg viktig.

Gammal forureining lagra i jord og sjøbotn kan føre til skade på helse og miljø, og vere ei kjelde til spreiing av helse- og miljøskadelege kjemikaliar. Arbeidet med forureina grunn i Noreg har gått føre seg i fleire tiår. I overkant av 2000 grunnforureiningssaker er avslutta, og oppryddingstiltak er gjennomført på store og alvorlege grunnforureiningslokalitetar. Arbeidet med opprydding i forureina sjøbotn følgjer føringane i handlingsplanen om forureina sediment frå 2006. Av dei 17 høgast prioriterte områda for opprydding av forureina sjøbotn er 7 ferdig eller nær ferdig rydda.

Nivået på radioaktiv forureining er generelt lågt. Nedfallet frå ulykka i Tsjernobyl i 1986 er framleis ei viktig kjelde til radioaktivitet i norsk natur.

For petroleumsverksemda er det eit mål at utslepp til sjø av dei mest miljøfarlege tilsette kjemikaliane skal stansast og at utslepp av naturleg førekommande prioriterte miljøgifter skal stansast eller minimerast. Når det gjeld olje og andre stoff, er målet ingen utslepp eller minimering av utslepp som kan gi skade, jf. Meld. St. 35 (2016–2017) Oppdatering av forvaltningsplanen for Norskehavet. Dette nullutsleppsmålet gjeld for heile den norske sokkelen. For olje og naturleg førekommande stoff i produsert vatn er det framleis behov for tiltak for å nå målet.

Farleg avfall skal takast forsvarleg hand om og anten gå til gjenvinning eller vere sikra god nok nasjonal behandlingskapasitet. I dag blir nær alt farleg avfall gjenvunne eller levert til godkjent behandling. Innsats for å redusere helse- og miljøskadelege stoff i produkt medverkar òg til å redusere miljøproblema når slike produkt blir til avfall.

Det er eit nasjonalt mål at veksten i mengda avfall skal vere vesentleg lågare enn den økonomiske veksten, og at ressursane i avfallet utnyttast best mogleg gjennom materialgjenvinning og energiutnytting. Brutto nasjonalprodukt auka med 2 pst. frå 2016 til 2017, mens avfallsmengdene auka med 3 pst. Det nasjonale målet er difor ikkje nådd. Det er vidare eit mål at 80 pst. av avfallet skal sikrast god ressursutnytting gjennom materialgjenvinning og energiutnytting. I 2017 vert 70 pst. av avfallet material- eller energigjenvunne. Det er den lågaste delen på 12 år og målet for gjenvinning er dermed heller ikkje nådd.

Regjeringa har som ambisjon at havområde og ferskvatn ikkje skal tilføres plastavfall og mikroplast. I Noreg er det forbod mot å forsøple. Internasjonalt er det etter forslag frå Noreg òg semje om å stanse all tilførsel av plastavfall og mikroplast til havet på sikt. Avfallsførebygging og god handtering av avfall er avgjerande for å førebyggje marin forsøpling. Ei rekkje nye tiltak for å redusere tilførslene av plast og mikroplast er sett i verk i Noreg, og fleire er under utgreiing og førebuing. Opprydding må òg prioriterast i kystnære område der det kan gjennomførast effektivt og med metodar som ikkje gir annan miljøskade.

Gjennom Montrealprotokollen forpliktar medlemslanda seg til å fase ut bruk av gassar som er skadelege for ozonlaget. Bruken av stoffa er på verdsbasis redusert med over 98 pst., og overvakingsresultat viser no at ozonlaget er i ferd med å bli tjukkare. Noreg oppfyller forpliktingane i Montrealprotokollen.

Internasjonale avtaler har redusert tilførslene av langtransportert luftforureining sidan 1980. Likevel vil vassforsuring framleis vere eit problem i store delar av Noreg fleire tiår framover utan ytterlegare utsleppsreduksjonar. Nasjonalt har Noreg redusert sine utslepp av svoveldioksid, nitrogenoksid og flyktige organiske sambindingar i tråd med dei internasjonale forpliktingane i Gøteborgprotokollen og i EØS-avtala. For utslepp av ammoniakk må verkemiddelbruken forsterkast for å overhalde forpliktingane i dei internasjonale avtalene.

For lokal luftkvalitet blei dei nasjonale måla frå 1. januar 2017 endra i tråd med tilrådinga frå Miljødirektoratet, Vegdirektoratet, Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet i rapport M-129 «Grenseverdier og nasjonale målforslag til langsiktige helsebaserte nasjonale mål og reviderte grenseverdier for lokal luftkvalitet». Både for nitrogendioksid (NO2) og svevestøv (PM10 og PM2,5) er det i tillegg til nasjonale mål, fastsett juridisk bindande grenseverdiar i forureiningsforskrifta.

Året 2018 var første gong alle kommunar heldt seg innanfor det nasjonale målet og grenseverdien for NO2. Oslo var akkurat på grenseverdien på 40 mikrogram per kubikkmeter luft, men braut den ikkje.

For svevestøv vart den juridisk bindande grenseverdien i forureiningsforskrifta stramma inn frå 1. januar 2016, og ei ytterlegare skjerping er under utgreiing. Svevestøvnivåa har hatt ein nedgåande trend i fleire byar. Nivåa varierer likevel frå år til år og grenseverdien blir framleis overskriden i enkelte byar, enkelte år.

Fleire kommunar har begynt å måle luftkvalitet dei siste åra, og nokre stader viser det seg å vere for høge støvnivå, som i Elverum og Hamar. Dei to kommunane overskreid i 2018 døgngrenseverdien for svevestøv (PM10) for første gong, begge med 33 døgn over 50 mikrogram per kubikkmeter luft, der forureiningsforskrifta tillèt 30 døgn over 50 mikrogram per kubikkmeter luft. Det nasjonale målet for PM10 på 20 mikrogram per kubikkmeter luft i årsmiddel vart overskride i seks byområde (Drammen, Oslo, Hamar, Kristiansand, Lillehammer og Lørenskog). Det var ingen overskridingar av grenseverdien for PM2,5 i 2018, men ni byområde (Bærum, Fredrikstad, Halden, Lørenskog, Rana, Moss, Oslo, Sarpsborg og Stavanger) overskreid det nasjonale målet på 8 mikrogram per kubikkmeter luft i årsmiddel.

Talet på støyplaga personar blant dei som var utsette for høg utandørs støy ved bustaden i 1999 er redusert med 9 pst. mellom 1999 og 2014. I denne utrekninga er det ikkje teke omsyn til befolkningsvekst eller tilflytting til område som er plaga av støy. Generelt vil trafikkvekst og befolkningsvekst i område påverka av støy føre til fleire støyutsette, noko som forklarar kvifor vi samtidig opplever ein generell auke i talet på nordmenn som er utsette for støy. Vegtrafikk er den desidert viktigaste kjelda til støyplager i Noreg i dag, og står for over 80 pst. av den utrekna støyplaga. Talet på personar utsette for høg innandørs støy aukar. Utviklinga viser at det kan bli vanskeleg å nå det fastsetje målet for støy i 2020.

2.5 Klima

Nasjonale mål:

  • Noreg skal fram til 2020 kutte i dei globale utsleppa av klimagassar tilsvarande 30 pst. av Noregs utslepp i 1990.

  • Noreg har på vilkår teke på seg ei forplikting om minst 40 pst. utsleppsreduksjon i 2030 samanlikna med 1990.

  • Noreg skal vere klimanøytralt i 2030.

  • Noreg har lovfesta eit mål om å bli eit lågutsleppssamfunn i 2050.

  • Reduserte utslepp av klimagassar frå avskoging og skogdegradering i utviklingsland, i samsvar med berekraftig utvikling.

  • Politisk mål om at samfunnet skal førebuast på og tilpassast til klimaendringane.

Resultatområdet Klima omfattar arbeidet med å redusere utslepp og auke opptak av klimagassar, internasjonal klimafinansiering og klimatilpassing.

Dei nasjonale måla for klima er forankra gjennom Klimaforliket (Innst. 390 S (2011–2012) til Meld. St. 21 (2011–2012) – Norsk klimapolitikk), og Stortingets behandling av stortingsmelding om ny utsleppsforplikting for 2030 (Innst. 211 S (2014–2015) til Meld. St. 13 (2014–2015) – Nye utslippsforpliktelser for 2030 – en felles løsning med EU)), samtykkeproposisjonen om felles oppfylling med EU av utsleppsmålet for 2030 (Prop. 94 S (2018–2019)), stortingsmelding om klimatilpassing i Noreg (Meld. St. 33 (2012–2013)), av proposisjon om samtykke til ratifikasjonen av Parisavtala (Innst. 407 S (2015–2016) til Prop. 115 S (2015–2016)) og Lov om klimamål (klimalova) av 16. juni 2017.

Boks 2.3 Ambisjonen for innanlandske utsleppskutt mot 2020

I klimaforliket frå 2008 vart det lagt til grunn at det kunne vere realistisk å ha eit mål om å redusere dei innanlandske klimagassutsleppa med 15–17 millionar tonn CO2-ekvivalentar i 2020, samanlikna med referansebanen slik den vart presentert i Nasjonalbudsjettet 2007, når nettoopptak i skog vart inkludert med 3 millionar tonn CO2 i ein norsk utsleppsrekneskap for 2020. Dette vart i samband med behandlinga av energimeldinga (Innst. 401 S (2015–2016)) operasjonalisert og det står at dei innanlandske utsleppa ikkje skal overstige 45–47 millionar tonn CO2-ekvivalentar i 2020. Ambisjonen er basert på utsleppsrekneskapen frå 2007. For å ta omsyn til blant anna endringar i retningslinjene for utsleppsberekningar er rekneskapen teknisk justert slik at intervallet er endra til 46–48 millionar tonn. Dette inkluderer ikkje skog. Eventuelle bidrag frå opptak i skog ville komme i tillegg og auke ambisjonsnivået utover dette. Med Kyotoprotokollens bokføringsreglar får Noreg nytte ein avgrensa del av opptaket i skogen til å oppfylle utsleppsforpliktinga for 2020. Utslepp frå avskoging m.m. gjer at vi samla sett ikkje ventar at sektoren vil medverke til å oppfylle utsleppsforpliktinga for 2020.

Ambisjonen om nasjonale utsleppsreduksjonar i 2020 i klimaforliket frå 2008 var basert på SFTs tiltaksanalysar (no Miljødirektoratet), eksisterande verkemiddelbruk, og dei sektorvise klimahandlingsplanane. Det vart samstundes presisert at dei sektorvise måla var baserte på anslag og at dei ville måtte revurderast dersom endringar i framtidige prognosar, kostnader, teknologiutvikling eller andre vesentleg endra føresetnader skulle tilseie det. I både klimaforliket frå 2008 og 2012 vart det peikt på at uvissa er stor når det gjeld den økonomiske og teknologiske utviklinga og når det gjeld effekten av verkemiddel. I klimaforliket frå 2012 vart det understreka at teknologiutviklinga, kostnadene ved klimatiltak, folkeveksten, den økonomiske veksten og utsleppsutviklinga innanfor petroleumssektoren ville ha betydning for når ambisjonen blir nådd. Om utsleppa utvikler seg i tråd siste framskriving ligg vi an til at utsleppa er høgare enn ambisjonen.

Noregs mål for 2020 blir følgt opp under Kyotoprotokollen, mens 40-prosentsmålet for 2030 er meldt inn til FN som Noregs bidrag under Parisavtala og lovfesta i klimalova. Målet om at Noreg skal bli eit lågutsleppssamfunn i 2050 er også lovfesta i klimalova.

I Statistisk sentralbyrås foreløpige utsleppsrekneskap var Noreg sine utslepp i 2018 på 52,9 millionar tonn CO2-ekvivalentar, om lag 0,4 millionar tonn høgare enn året før (sjå tabell 2.2). Klimagassutsleppa nådde ein topp i 2007 med 56,8 millionar tonn CO2-ekvivalentar, men har sidan blitt redusert noko. Dette trass i at Noreg har hatt ein vesentleg vekst i folketalet og økonomien.

Figur 2.1 Utslepp tonn CO2-ekvivalentar per person

Figur 2.1 Utslepp tonn CO2-ekvivalentar per person

Figur 2.2 Utslepp av klimagassar pr. BNP

Figur 2.2 Utslepp av klimagassar pr. BNP

Utsleppsintensitetane er berekna etter definisjonane i nasjonalrekneskapen, dvs. at utslepp til luft frå all norsk økonomisk aktivitet er medrekna. For rapportering til Kyotoprotokollen og andre internasjonale rapporteringar for utslepp til luft er det nytta ein geografisk definisjon av Noreg, og utsleppstala er i hovudsak fordelte etter kjelder (prosessutslepp og utslepp frå stasjonær og mobil forbrenning), uavhengig av kva slag næringar som genererer aktivitetane. For hushalda er produksjon erstatta med konsum.

Petroleumssektoren er den største utsleppskjelda i Noreg, tett følgt av industri og vegtrafikk. Sjå nærare i tabell 2.2, og omtale i klimalovrapporteringa i del IV.

Tabell 2.2 Utslepp av klimagassar, millionar tonn CO2-ekvivalentar (foreløpige tal for 2018)

Mill. tonn 2018

Endring i pst.

Sidan 1990

2007–2018

2015–2018

2017–2018

Utslepp frå norsk territorium

52,9

3,4

-7,1

-2,7

0,4

Av dette:

Olje- og gassutvinning

14,5

75,6

-5,8

-4,6

-1,4

Industri og bergverk

12,1

-38,7

-16,6

1,7

0,2

Vegtrafikk

9,0

25,8

-8,0

-9,3

2,8

Luftfart, sjøfart, fiske, motorreiskap m.m.

7,5

29,0

-3,1

-1,4

6,4

Jordbruk

4,5

-4,3

2,5

1,1

-0,1

Energiforsyning

1,8

325,4

84,3

3,1

-5,1

Oppvarming i andre næringar og hushald

0,8

-68,2

-52,1

-8,8

-20,7

Andre kjelder

2,9

6,7

7,7

0,8

0,0

Tala omfattar ikkje utanriks sjø- og luftfart.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå.

Under Kyotoprotokollen har Noreg teke på seg ei utsleppsforplikting som inneber at Noreg skal syte for at dei årlege utsleppa av klimagassar i perioden 2013–2020 i gjennomsnitt er 16 pst. lågare enn Noregs utslepp i 1990. Kyotoprotokollen etablerer på denne måten eit utsleppsbudsjett for perioden 2013–2020 som er i tråd med 2020-målet om å kutte dei globale utsleppa av klimagassar i 2020 tilsvarande 30 pst. av norske 1990-utslepp.

Klimaforliket frå 2008 gir ein ambisjon for kor stor del av 2020-målet som skal oppfyllast gjennom innanlandske utsleppsreduksjonar. Ambisjonen er å redusere dei innanlandske utsleppa i 2020 frå eit berekna nivå på 60,6 millionar tonn og ned til 46–48 millionar tonn.

Den globale klimaavtala som vart vedteken i Paris i desember 2015 legg grunnlaget for norsk klimapolitikk. Regjeringa ratifiserte Parisavtala i juni 2016, i tråd med Stortingets samtykke (Prop. 115 S (2015–2016)). På grunnlag av innstillinga til proposisjonen om samtykke til ratifikasjon av Parisavtala, Innst. 407 S (2015–2016), har Stortinget vedteke at regjeringa skal leggje til grunn at Noreg frå og med 2030 skal vere klimanøytralt. Sjå del I, Oppfølging av oppmodningsvedtak, for meir informasjon.

Som eit bidrag til Parisavtala har både Noreg og EU meldt inn forpliktingar på bestemte vilkår på minst 40 pst. reduksjon i klimagassutslepp innan 2030 samanlikna med 1990. Regjeringa vil oppfylle målet for 2030 i samarbeid med EU. Regjeringa vil at Noregs ikkje-kvotepliktige utslepp skal reduserast med minst 45 pst. samanlikna med 2005. Regjeringa har som mål at reduksjonen skjer gjennom innanlandske tiltak og planleggjar for dette. Om strengt nødvendig kan fleksibiliteten i EUs rammeverk nyttes. Regjeringa skal leggje fram ein plan for korleis målet for 2030 skal nåast i samarbeid med EU, når ei avtale med EU er på plass. Stortinget gav 17. juni 2019 sin tilslutning til avtala om felles oppfylling av utsleppsmålet for 2030, gjennom samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av rettsakter som inngår i felles oppfylling av utsleppsmålet for 2030. Avgjerda i EØS-komiteen ventast fatta i løpet av hausten 2019. For ei nærare omtale av 2030-måla og felles oppfylling, sjå klimalovrapporteringa i del IV.

Regjeringa vil vurdere Noregs endelege nasjonalt fastsette bidrag til Parisavtala for perioden 2021–2030, og komme tilbake til Stortinget med dette i god tid før fristen for innmelding av slike bidrag i 2020.

For 2050 er målet at Noreg skal bli eit lågutsleppssamfunn. Med lågutsleppssamfunn er meint eit samfunn der klimagassutsleppa, ut frå beste vitskaplege grunnlag, utsleppsutviklinga globalt og nasjonale omstende, er redusert for å motverke skadelege verknader av global oppvarming som beskrive i Parisavtala.

Lov om klimamål (klimalova) lovfester klimamåla for 2030 og 2050. Regjeringa rapporterer om arbeidet med å nå klimamåla for 2030 og 2050 i rapporteringa etter klimalova, sjå del IV i budsjettproposisjonen.

I tillegg til den nasjonale innsatsen medverkar Noreg til globale utsleppsreduksjonar gjennom mellom anna innsats for bevaring av tropisk skog i utviklingsland. Innsatsen skjer gjennom Klima- og skoginitiativet, som er ein del av norsk offentleg bistand. Klima- og skoginitiativet er eit resultat av klimaforliket i 2008, og vart ført vidare i forliket i 2012. Gjennom Meld. St. 24 (2016–2017) er det vedteke at initiativet skal førast vidare på eit høgt nivå fram til 2030. Klima- og skoginitiativet har som mål å nå kostnadseffektive, tidlege og målbare utsleppsreduksjonar gjennom bevaring av tropisk skog, og å medverka til utvikling i skoglanda. Satsinga har inngått partnarskap med ei rekkje sentrale skogland konsentrert rundt verdas tre store regnskogbasseng: Amazonas, Kongobassenget/Sentral-Afrika og Indonesia.

For å utløyse ytterlegare klimainnsats internasjonalt prioriterer Noreg i tillegg samarbeid om utsleppsreduksjonar gjennom kvotekjøp og utvikling av nye marknadsmekanismar, og tiltak mot kortliva klimaforureiningar.

Klima- og skoginitiativet og anna internasjonal innsats er nærare omtalt i del II, programkategori 12.70.

Samfunnet skal førebuast på og tilpassast til klimaendringane. Klimaet endrar seg allereie, og endringane vil påverke både natur og samfunn. Klimaframskrivingar presenterte i rapporten Klima i Norge 2100 og Climate in Svalbard 2100, gir oppdatert kunnskap om korleis klimaendringane kan bli i Noreg i åra framover. Framskrivingane i rapporten har teke utgangspunkt i ulike utsleppsscenario, og viser at vi med ein framhalden rask auke i klimagassutsleppa mellom anna må vente ein markant auke i temperaturen, og at styrtregnepisodane kjem oftare og kraftigare. Tilsvarande kan regnflaumane førekomme hyppigare og større. På grunn av stigande havnivå vil òg fleire område knytt til fastlands-Noreg som ikkje er utsette for overfløyming ved stormflod i dag, kunne bli utsette for dette i framtida. På Svalbard vil permafrosten bli varmare over heile øya, og dei øvste metrane vil tine i kystområda. Rapportane viser òg at med reduserte klimagassutslepp vil klimaendringane bli betydeleg mindre, sjølv om ein på Svalbard allereie har hatt ei kraftig oppvarming. Det er gitt ei utfyllande omtale av status på klimatilpassingsarbeidet i del IV.

2.6 Polarområda

Nasjonale mål:

  • Omfanget av villmarksprega område på Svalbard skal haldast ved lag, og naturmangfaldet takast vare på tilnærma upåverka av lokal aktivitet

  • Dei 100 viktigaste kulturminna og kulturmiljøa på Svalbard skal sikrast gjennom føreseieleg og langsiktig forvalting

  • Negativ menneskeleg påverknad og risiko for påverknad på miljøet i polarområda skal reduserast

Noreg har eit særskilt ansvar som miljøforvaltar i nordområda og på Svalbard, og eit av hovudmåla for norsk svalbardpolitikk er å ta vare på den særeigne villmarksnaturen på Svalbard. Dei spesifikke miljømåla for Svalbard går fram av Meld. St. 32 (2015–2016) Svalbard, jfr. Innst. 88 S (2016–2017). På Svalbard er no 65 pst. av landområdet og 87 pst. av territorialfarvatnet freda som naturreservat og nasjonalparkar. Samstundes har områda ein verdifull kulturarv og stor verdi som kjelde til kunnskap og naturoppleving. Dyrelivet er i utgangspunktet freda, og fleire arter har hatt ein kraftig vekst etter tidlegare for sterk utnytting. Nokre av pattedyr- og fugleartene har ikkje klart å komme tilbake til tidlegare nivå.

Mindre is og villare vêr gir større erosjon på strendene, og kulturminna som ligg nært sjøen, står i fare for å rase i havet. For kulturminne med særleg høg kulturhistorisk og/eller opplevingsverdi vil det vere aktuelt å setje i gang førebyggjande tiltak for å motverke ròteskadar eller erosjon. Målet er sikring av dei kulturminna med høgast prioritet i Kulturminneplan for Svalbard 2013–2023. For enkelte særleg verdifulle kulturminne som står i fare for å gå tapt, er det aktuelt å utføre dokumentasjon eller arkeologisk naudutgraving.

Noreg er medlem av Arktisk råd og medverkar til ei sirkumpolar, heilskapleg tilnærming for å handtere miljøutfordringane gjennom aktiv deltaking i Arktisk råd og rådets arbeidsgrupper.

Arktis råd utarbeider omfattande vitskapeleg baserte vurderingar av klimaendringane og utviklinga av miljøtilstanden i Arktis. Dette arbeidet gir viktige bidrag til kunnskapen som ligg til grunn for internasjonale avtaler som gjeld forureining og klima. Under Arktisk råd blir det òg forhandla fram avtaler mellom dei arktiske landa, mellom anna om oljevern og samarbeid om forsking i Arktis.

Noreg og Russland har felles ansvar for forvalting av miljø, arter og naturressursar i Barentshavet og grenseområda. Eit breitt og effektivt miljøvernsamarbeid med Russland, tufta på gjensidig interesse, står sentralt. Overvaking av miljøtilstanden i grenseområdet og påverknadsarbeid for å få redusert utsleppa frå russisk industri nær grensa står sentralt for å nå det nasjonale målet. Etter initiativ frå Noreg er òg marin forsøpling og mikroplast no sett på dagsordenen i det norsk-russiske miljøsamarbeidet.

Barentssamarbeidet er viktig for å styrkje grenseoverskridande kontakt og problemløysing og for å fremje berekraftig utvikling i Barentsregionen.

I Antarktis har Noreg som part til Antarktistraktaten òg forplikta seg til eit omfattande vern av miljøet. Antarktistraktaten og Miljøprotokollen peikar ut Antarktis til eit verneområde vigsla til fred og vitskap. I Meld. St. 32 (2014–2015) Norske interesser og politikk i Antarktis, er det slått fast at Noreg framleis vil vere ein pådrivar for å verne om miljøet i Antarktis og tryggje dette området som eit referanseområde for forsking i samanheng med den viktige stillinga som dette området har når det gjeld globale klima- og miljøendringar. Marine verneområde er viktige områdebaserte tiltak, m.a. for å ta vare på og sikre berekraftig bruk av marine ressursar og økosystem.

Det siste tiåret er det gjennomført ei rekkje miljøtiltak i tråd med miljøprotokollen, og Antarktis står i dag fram som eit av dei siste store urørte naturområda i verda.

3 Hovudprioriteringar i Klima- og miljødepartementets budsjett for 2020

Forslaget til budsjett for Klima- og miljødepartementet har ei utgiftsramme på 15 490,620 mill. kroner i 2020 mot 14 244,521 mill. kroner i 2019. Dette er ein netto auke på 1 246,099 mill. kroner, eller 8,7 pst. frå saldert budsjett 2019.

Utgiftene under Klima- og miljødepartementet åleine gir ikkje eit fullstendig uttrykk for regjeringas samla politiske prioriteringar av klima og miljø. Klima- og miljøpolitikken blir i stor grad ført ved hjelp av skattar, avgifter og regulering.

Regjeringa vil føre ein ambisiøs klima- og miljøpolitikk som byggjer på forvaltaransvaret og føre var-prinsippet. Noreg skal vere ein pådrivar i det internasjonale klimaarbeidet og omstille seg slik at vi oppfyller klimaforpliktingane våre. Tiltak for å redusere klimagassutslepp og tilpasse samfunnet til klimaendringane er ei av hovudprioriteringane for regjeringa. Viktige klimapolitiske satsingar ligg òg under andre departement sine budsjett.

Regjeringa vil ta vare på naturen og økosystema våre. Arbeidet med å sikre god tilstand i økosystema, hindre tap av arter og naturtypar og sikre eit representativt utval av natur for kommande generasjonar held fram i 2020.

Grøn skipsfart er ein viktig del av arbeidet for å innfri klimaforpliktingane våre, og eit satsingsområde i regjeringas klimapolitikk. Regjeringa vil halvere utsleppa frå innanriks sjøfart og fiske innan 2030 og stimulere til utvikling av null- og lågutsleppsløysingar i alle fartøykategoriar. I statsbudsjettet for 2020 foreslår regjeringa å styrke innsatsen innan grøn skipsfart med tilsaman 100 mill. kroner til auka bruk av null- og lågutsleppsløysingar i fylkeskommunale hurtigbåtsamband og grøn flåtefornyelse av lasteskip.

Regjeringa legg opp til å styrkje Nullutsleppsfondet for næringstransporten med 50 mill. kroner i 2020. Styrkinga av Nullutsleppsfondet vil setje Enova i stand til å trappe opp satsinga på nullutsleppsteknologi i næringstransporten og medverke til ytterlegare reduserte utslepp frå veg- og sjøtransport.

Meteorologisk institutt må ha eit observasjonsnettverk som dekkjer Noreg, våre havområde og Svalbard tilstrekkeleg godt til å utarbeide vêrvarsel av høg kvalitet og studere klimaet. For å sikre ei forsvarleg forvalting og fornying av observasjonsnettverket foreslås løyvinga til Meteorologisk institutt styrkt med 12 mill. kroner.

Klima- og miljødepartementet styrkte sekretariatet sitt arbeid for å understøtte forhandlingsmøte og gjennomføring av avgjerder under klimakonvensjonen og Parisavtala med 10 mill. kroner i fjorårets budsjett. Desse midlane foreslås førte vidare i 2020. Dette kjem i tillegg til at Utanriksdepartementet vil føre vidare si eksisterande støtte til sekretariatet.

Det er foreslått å styrkje det internasjonale arbeidet for å redusere utslepp av kortlevde klimaforureinarar, som metan, sot og HFK med 4 mill. kroner. Desse gassane og partiklane har kort levetid i atmosfæren. Reduksjon vil både gi rask klimaeffekt og betre luft og helse. Stønaden vil hovudsakleg gå til Koalisjonen for klima og rein luft (CCAC), men òg til FNs klimapanel (IPCCs metodearbeid).

Regjeringa foreslår å føre vidare arbeidet med marin forsøpling, blant anna for å styrkje Noregs internasjonale leiarrolle i dette arbeidet. Tilskotsordninga til opprydding av marint avfall og til førebyggjande arbeid foreslås òg videreført. Det grunnleggjande arbeidet med forvalting av nasjonalt regelverk og løyvingar til tiltak for å motverke forureiningar blir ført vidare.

Regjeringa foreslår å styrkje satsinga på forsking for omstilling til lågutsleppssamfunnet, teknologiutvikling for det grøne skiftet og vellykka klimatilpassing med 35 mill. kroner til Noregs forskingsråd. Nye rapportar frå Naturpanelet og FNs klimapanel viser at klimautfordringane og tapet av naturmangfald må sjåast i samanheng. Klima- og miljøutfordringane er komplekse og tverrfaglege. For å ta gode heilskaplege avgjersler treng vi òg meir kunnskap om koplingane mellom dei ulike fagområda, sjå nærare omtale under kap. 1410, post 51.

Regjeringa foreslår vidareføring av midlar til forsking som skal nyttast til kunnskapsoppbygging om marine økosystem og reint hav, under dette gjennomføring av pilotprosjekt for å betre tilstanden i kystmiljøet.

Hovudinnretninga for arbeidet med vern og berekraftig bruk av naturen ligg i vidare oppfølging av Meld. St. 14 (2015–2016) Natur for livet, og Stortingets behandling av meldinga. Tiltak for naturmangfold og friluftsliv foreslås styrkt med om lag 76 mill. kroner i 2020. Dei viktigaste tiltaka blir omtalt nedanfor.

Forvalting og berekraftig bruk av verneområda foreslås styrkt. Regjeringa foreslår å auke løyvinga til tiltak i verneområda med omlag 11 mill. kroner. Løyvinga til nye verneområdeforvaltarar foreslås auka med 2 mill. kroner, og løyvinga til nye besøkssenter for natur foreslås auka med 2 mill. kroner.

Arbeidet med å gjennomføre tiltaka i vassforvaltingsplanane er prioriterte, og oppfølging av prioriterte restaureringstiltak i vassforvaltningsplanane foreslås styrkt med 19 mill. kroner. Det foreslås lagt inn 5 mill. kroner til styrkt oppsyn for å hindre ulovleg fiske etter anadrom laksefisk.

Arbeidet med å følgje opp tilrådingar om tiltak for å ta vare på ei rekkje kritisk og sterkt truga ansvarsarter og truga naturtypar vil bli prioritert, og løyvinga til tiltak for å ta vare på truga natur foreslås auka med 18 mill. kroner i 2020. Dette vil mellom anna dekkje tenestekjøp for å ta vare på truga arter og naturtypar. Slike tiltak kan til dømes vere aktiv skjøtsel, restaurering, biotopforbetrande tiltak og fjerning av framande skadelege organismar.

Løyvinga til tiltak og verdiskaping knytt til villrein foreslås auka med 8,5 mill. kroner.

Regjeringa prioriterer god framdrift i arbeidet med å verne 10 pst. av skogen, og løyvinga foreslås styrkt med 10 mill. kroner i 2020.

Midlar til arbeidet med å betre kunnskapen om naturmangfaldet gjennom kartlegging og overvaking blir ført vidare på om lag same nivå som i 2019. Eit godt kunnskapsgrunnlag er viktig i arbeidet med ei økosystembasert forvaltning.

Regjeringa vil halde fram arbeidet med å sikre og vidareutvikle friluftslivet gjennom bevaring og tilrettelegging av viktige friluftslivsområde, og stimulering til auka friluftslivsaktivitet for alle. Oppfølging av Handlingsplan for friluftsliv vil bli prioritert. Det blir gjeve betydelege tilskot til friluftsliv frå spelemidlane, som er administrerte av Kulturdepartementet, til både aktivitet og anlegg. Spelemidlane vil derfor òg vere viktige når det gjeld oppfølging av Handlingsplan for friluftsliv. Midlane til utvikling av grøntområde i områdesatsingane i Oslo foreslås styrkt med 3 mill. kroner. Ordninga med Nasjonale turiststigar vil bli utvikla vidare med sikte på å betre tryggleiken, og medverke til at opplevings- og naturverdiar blir tekne vare på.

Regjeringa foreslår å sette av 2 mill. kroner til tiltak for ei betre og meir heilskapleg forvaltning av fjellområda.

Kulturarven representerer både vår felles historie og store økonomiske og kulturelle verdiar, og medverkar til identitet og felleskapsfølelse. Regjeringa vil leggje fram ei ny kulturminnemelding for Stortinget våren 2020, der nye nasjonale mål på kulturminnefeltet skal forankrast. Oppfølging av regionreforma vil vere ei hovudprioritering i 2020.

I 2020 foreslår regjeringa å styrkje kulturminnefondet med 10 mill. kroner, slik at fleire private eigarar kan få tilskot til å setje i stand verneverdige eigedommar.

I perioden 2017–2021 er Noreg valt inn som medlem av Unescos verdsarvkomité. Klima- og miljødepartementet vil i denne perioden fokusere særskilt på det internasjonale ansvaret for verdsarvkonvensjonen. Noreg vil gjere ein særleg innsats for å sikre god forvalting i land med små ressursar, å sikre ein god balanse på verdsarvlista og å arbeide for å betre den økonomiske situasjonen.

Samstundes held det nasjonale arbeidet fram for å styrkje lokal kunnskap og lokal forvalting. Arbeidet med gjennomføringa av prioritetsplanen for verdsarvsentere (2017–2026) ved dei norske verdsarvområda er viktig her.

Internasjonal kapasitetsbygging under verdsarvkonvensjonen er eit anna innsatsområde som er prioritert innanfor verdsarvpolitikken. Klima- og miljødepartementet har inngått ei seksårig programsamarbeidsavtale (2016–2021) med International Union for Conservation of Nature (IUCN) og The International Centre for the Study of the Preservation and Restoration of Cultural Property (ICCROM) med dette som mål.

Som ledd i norsk medlemskap i verdsarvkomiteen er det foreslått at satsinga som vart etablert i bistandsbudsjettet frå 2019 blir ført vidare i 2020. Formålet med satsinga er å styrkje forvaltinga og trygginga av verdsarven globalt med særleg satsing på Afrika.

I perioden 2011–2017 har Klima- og miljødepartementet i samarbeid med Riksantikvaren og Sametinget gjennomført eit registreringsprosjekt. Styrkinga til samisk bygningsvern, som låg inne i budsjettet for 2018 og 2019, foreslås ført vidare i 2020 med ei øyremerking på inntil 6 mill. kroner.

Kulturminne er ein viktig del av regjeringas bymiljøpolitikk og i Meld. St. 18 (2016–2017) Berekraftige byar og sterke distrikt, er det vektlagt at kulturminne og kulturmiljø er ein viktig ressurs i byutviklinga. Dette er langsiktige perspektiv som kjem til uttrykk blant anna gjennom dei halvårlege politiske møta i forumet Grøn Byutvikling, som er etablert for dei største byane. Riksantikvarens Bystrategi 2017–2020 med handlingsplan vil bli revidert. Bystrategien er eit av dei viktige verktøya.

I tråd med regjeringas og Stortingets føringar for Klima- og skoginitiativet er det inngått avtaler som heilt eller delvis omfattar betaling for verifiserte utsleppsreduksjonar, og samtidig støttar berekraftig utvikling i skoglanda. I 2020 legg regjeringa opp til at Noreg betaler for om lag 20 mill. tonn CO2 i utsleppsreduksjonar i Colombia, Ecuador, Gabon og Indonesia, og potensielt òg i Peru. I 2020 vil Klima- og skoginitiativet halde fram med å satse på berekraftig utvikling i partnarlanda, og å auke privat næringsliv sin innsats for redusert avskoging. I 2019 blei det satt av 200 mill. kroner til innkjøp og bruk av høgoppløyselege satellittbilde. Løyvinga videreførast i 2020.

Det blir foreslått å løyve 290 mill. kroner til kjøp av klimakvotar i 2020 til betaling for kvotar og andre utsleppsreduksjonar som blir leverte i 2020.

Å utvikle kunnskap og forståing av korleis miljø i Arktis og Antarktis vert påverka av klimaendringar, havforsuring, forureining og auka aktivitet er ein særs viktig del av både det nasjonale og det internasjonale samarbeidet i nord- og polarområda og det internasjonale klimaarbeidet. I tråd med svalbardmeldinga la Regjeringa i 2018 fram ein overordna strategi for forsking og utdanning på Svalbard, og i 2019 ein eigen forskingsstrategi for Ny-Ålesund. Regjeringa foreslår å styrke Kings Bay AS med 12 mill. kroner til oppgraderingar og investeringar i bygningsmasse og infrastruktur i Ny Ålesund.

I 2020 skal arbeidet med marine verneområde i Sørishavet førast vidare etter det omfattande toktet til Sørishavet i Antarktis i 2019. Regjeringa foreslår å styrkje Norsk Polarinstitutts forsking, overvaking og kartlegging i Antarktis med 5 mill. kroner, og 4,3 mill. kroner til forskingsstasjonen Troll.

Effektivisering m.m.

Regjeringa vil byggje sin politikk på effektiv bruk av fellesskapet sine ressursar. Som i næringslivet er det òg i offentleg forvalting eit potensial for å bli meir effektiv. Regjeringa har derfor innført ei avbyråkratiserings- og effektiviseringsreform, og føreset at alle statlege verksemder gjennomfører tiltak for å bli meir effektive. Reforma vil gi insentiv til meir effektiv statleg drift og skapar handlingsrom for prioriteringar i statsbudsjettet. Verksemdene har òg godt høve til å planleggje og gjennomføre tiltak for å effektivisere drifta når reforma er eit årleg krav. Delar av gevinsten frå mindre byråkrati og meir effektiv bruk av pengane blir overførde til fellesskapet i dei årlege budsjetta. Den årlege overføringa er sett til 0,5 pst. av alle driftsutgifter som blir løyvde over statsbudsjettet. For Klima- og miljødepartementet inneber dette reduksjonar på om lag 19,1 mill. kroner på driftspostane.

4 Klima- og miljøprofilen i statsbudsjettet

For å nå dei nasjonale klima- og miljømåla må alle sektorar i samfunnet medverke. Regjeringa fører ein brei klima- og miljøpolitikk som omfattar verkemiddel på resultatområda omtalt i kapittel 2 og verkemiddel innanfor andre departement sine ansvarsområde.

Dette kapittelet samanfattar heilskapen i regjeringas klima- og miljøinnsats, under dette klima- og miljørelevante satsingar i andre departement, og ei omtale av regjeringas prioriteringar innanfor klima.

Miljøpolitikk er ikkje først og fremst løyvingar og budsjettpostar. Arbeid for eit betre miljø omfattar i stor grad avgjerder som ikkje har direkte konsekvensar for statsbudsjettet. Til dømes vil planlegging av arealbruk vere viktig, det same er regulering av tillatne grenseverdiar for forureining. Samtidig er statsbudsjettet eit viktig og betydeleg verkemiddel for å nå miljømåla.

4.1 Klima- og miljørelevante prioriteringar i statsbudsjettet

Klima- og miljøprofilen i statsbudsjettet omfattar innsats på heile miljøområdet, det vil seie innsats for å ta vare på naturmangfaldet og kulturminne- og kulturmiljø, medverke til auka friluftsliv, redusere forureining og dempe klimaendringar og negative effektar av klimaendringane.

Samla sett er styrkinga av budsjettet på om lag 1,9 mrd. kroner fordelt på fleire departement. I tillegg kjem regjeringa sine prioriteringar på Klima- og miljødepartementets budsjett på 309 mill. kroner.

For ei samla omtale av dei ulike departementas klima- og miljøpolitikk, sjå kapittel 8 i inneverande proposisjon. Alle departementa har òg ei eiga klima- og miljøomtale i sine respektive proposisjonar.

Tabell 4.1 Viktige prioriteringar i statsbudsjettet for 2020 under Klima- og miljødepartementet

(i 1 000 kroner)

Tiltak

Utgifter

Grøn skipsfart – oppfølging av regjeringas handlingsplan

100 000

Styrke Nullutsleppsfondet for næringstransport

50 000

Tiltak for naturmangfald og friluftsliv

76 000

Forsking for omstilling til lågutssleppssamfunnet, teknologiutvikling for det grøne skiftet og vellykka klimatilpassing

35 000

Forsking, overvaking og kartlegging i Antarktis

9 300

Sikre stabil drift av observasjonsnettet til Meteorologisk institutt

12 000

Styrke Norsk kulturminnefond

10 000

Norsk Industriarbeidermuseum – sikrings- og formidlingsbygg over tungtvannskjelleren på Vemork (delt mellom KUD og KLD)

5 000

Styrka infrastruktur i Ny-Ålesund

12 000

Tabell 4.2 Viktige prioriteringar i statsbudsjettet for 2020 med tydeleg klima- og miljøgevinst på andre departement sine område

(i 1 000 kroner)

Tiltak

Departement

Utgifter

Det grøne klimafondet

UD

300 000

Klimatilpassing, forebygging og kamp mot svolt (inkl. 50 mill. kroner til hav)

UD

100 000

Tilpasningsfondet

UD

50 000

Hav og klima

UD

50 000

Barentsrådet/ miljøsamarbeid

UD

4 000

Polarforsking

KD

15 000

Vikingtidsmuseet

KD

35 000

Polarsyssel – utvida sesong

JD

5 000

Nysnø risikokapital og ordinær kapitaltilførsel

NFD

200 000

Innsats mot marin forsøpling

NFD

5 000

Forsking – klimatilpassa og lønnsam matproduksjon

LMD

15 000

Senter for oljevern og marint miljø – oljevernforsking

SD

3 000

Tilskot for godsoverføring frå veg til jernbane

SD

88 0001

Tilskot til reduserte billettprisar på kollektivtrafikk i dei store byane

SD

300 0002

Oppstart av prosjektet Kleverud-Sørli IC Dovrebanen

SD

190 000

Oppstart delelektrifisering Trønder- og Meråkerbanen

SD

100 000

Betre togtilbod: Ombygging av sittevogner til vogner med liggestolar

SD

50 000

Betre togtilbod: Innfasing av ni nye tog

SD

110 0003

Betre togtilbod: Fleire togavgangar, betre nettdekning, takst- og billettsamarbeid m.m.

SD

50 000

Forsking Pilot T

SD

14 000

Industriaktørane sitt vidare arbeid og planlegging av fullskala CO2-handtering i Noreg

OED

215 0004

1 Ny satsing frå 2020

2 Ny satsing frå 2020

3 Under posten for kjøp av persontransport med tog er det i alt nye satsingar for 210 mill. kroner (110 mill. kroner til innfasing av ni nye tog, 50 mill. kroner til ombygging av sittevogner til vogner med liggestolar, 50 mill. kroner til forbetring av togtilbod i form av betre nettdekning, fleire togavgangar mv.)

4 Total løyve på posten

4.2 Regjeringas prioriteringar innanfor klima

Klima er eit hovudsatsingsområde for regjeringa. Regjeringa vil føre ein ambisiøs klimapolitikk som kuttar utslepp, styrkjer Noregs konkurransekraft og skaper grøn vekst og nye grøne jobbar. Klima- og miljødepartementet har det overordna og sektorovergripande ansvaret for nasjonal og internasjonal klimapolitikk, medrekna klimaforhandlingane i FN. I tillegg til eigne verkemiddel, har departementet ei rolle som samordnar overfor sektordepartementa og andre aktørar.

Regjeringa vil føre ein offensiv politikk for å medverke til ei grøn omstilling av norsk økonomi. Regjeringas hovudverkemiddel i klimapolitikken er å delta i EU sitt klimakvotesystem og CO2-avgifta. I Granavolden-plattforma blei det varsla at CO2-avgifta skal aukast 5 pst. årleg fram til 2025. Regjeringa foreslår at auken startar i 2020.

I Meld. St. 13 (2014–2015) Ny utslippsforpliktelse for 2030 – en felles løsning med EU blei utsleppsmåla for 2030 lagt fram og det går fram at regjeringa vil arbeide for ei avtale om felles oppfylling av 2030-målet med EU. I meldinga blei det òg peikt ut fem prioriterte innsatsområde i arbeidet med klimapolitikken framover. Desse er: reduserte utslepp i transportsektoren, utvikling av lågutsleppsteknologi i industrien og rein produksjonsteknologi, CO2-handtering, styrkje Noregs rolle som leverandør av fornybar energi og miljøvennleg skipsfart. I tillegg tek regjeringa i bruk ei rekke andre virkemiddel for å kutte klimagassutsleppa, slik som ei ambisiøs satsing på miljøvenleg transport og kollektivtrafikk, samt ulike støtteprogram i regi av Enova.

Offentleg sektor skal ta i bruk miljø- og klimavennlige løsninger

Regjeringa vil leggje til rette for at offentleg sektor som kunde medverkar til å ta i bruk og utvikle nye miljø- og klimavennlege teknologiar, produkt og løysingar. Som varsla i Meld. St. 22 (2018–2019) Smartere innkjøp – effektive og profesjonelle offentlige anskaffelser, vil regjeringa utarbeide ein handlingsplan for å auke delen klima- og miljøvenlege offentlege anskaffingar og grøn innovasjon. Fleire ordningar medverkar til å leggje til rette for grøne og innovative anskaffingar, bl.a. midlar til Difi til kompetanse og rettleiing om grøne innkjøp og til Leverandørutviklingsprogrammet. Innovasjon Noreg, Norges forskingsråd og Enova har òg ordningar som kan medverke til å stimulere grøne innovative innkjøp i offentleg sektor.

Kommunane er sentrale for å nå måla i ikkje-kvotepliktig sektor. Regjeringa medverkar til kommunane sitt arbeid gjennom blant anna å tilby rettleiing til klima- og energiplanlegging, støtteordninga Klimasats og klimagasstatistikk og verktøy for å berekne effekten av lokale klimatiltak.

Langsiktig satsing på kollektivtransport og nullutsleppskøyretøy

Regjeringa prioriterer kollektivtrafikk og jernbane høgt. Over budsjettet er det blant anna sett av midlar til bymiljø- og byvekstavtaler, bygging og vidare planlegging av InterCity og tiltak som skal stimulere til overføring frå gods til veg og bane. Blant viktige jernbanesatsingar som vil medverke til å nå nullvekstmålet er ruteomlegging som fører til auka frekvens på lokaltoga på Austlandet (omtalt som R2027). Desse prosjekta inngår i NTP 2018–2029.

I NTP 2018–2029 har regjeringa fastsett nye, ambisiøse mål for å fase inn nullutsleppskøyretøy, blant anna at nye personbilar og lette varebilar frå 2025 skal vere nullutsleppskøyretøy. I Granavolden-plattforma set regjeringa ein ambisjon om å redusere utsleppa frå transport med 50 pst. innan 2030, samanlikna med 2005. Analysar viser at vi ikkje når ambisiøse utsleppsreduksjonar innan vegtransporten utan insentiv. Regjeringa sine allereie vedtekne verkemiddel er venta å gi vesentleg bidrag til å nå måltala. Auka teknologisk mogning i kjøretøysegmenta slik at nullutsleppskøyretøy blir konkurransedyktige med fossile løysingar ligg til grunn for måltala.

I Meld. St. 41 (2016–2017) Klimastrategi for 2030 – norsk omstilling i europeisk samarbeid varsla regjeringa at den vil medverke til oppfylling av måltala for nullutsleppskjøretøy ved blant anna å byggje vidare på dagens verkemiddel, ha ein føreseieleg og langsiktig politikk for fordelar for nullutsleppstransport, der verkemidla blir tilpassa marknadsutviklinga, og leggje til rette for at det alltid skal løne seg å velje bilar med nullutslepp. I Granavolden-plattforma er det varsla at regjeringa fører vidare skattefordelane for elbil når det gjeld eingongsavgift og meirverdiavgift i heile perioden for å nå 2025-måla.

For andre fordelar for nullutsleppsbilar som parkering, ferjetransport og bompengar, er det no lagt opp til at dette blir avgjort lokalt, men innanfor nasjonale retningslinjer om at nullutsleppskøyretøy ikkje skal ha meir enn halvparten av takstane til konvensjonelle køyretøy.

Regjeringa legg opp til å styrkje Nullutsleppsfondet for næringstransporten med 50 mill. kroner i 2020. Enova vil dermed over dei to åra 2019 og 2020 ha over 1 mrd. kroner til disposisjon for satsinga. Styrkinga av Nullutsleppsfondet vil setje Enova i stand til å trappe opp satsinga på nullutsleppsteknologi i næringstransporten og medverke til ytterlegare reduserte utslepp frå veg- og sjøtransport. I løpet av dei første tre vekene ordninga var open, gav Enova tilsegn om støtte på til saman 68,6 mill. kroner til 2 500 elektriske varebilar.

Avansert biodrivstoff og biogass

Frå 1. januar 2020 aukar omsetjingskravet for biodrivstoff til vegtransport til 20 pst. og delkravet for avansert biodrivstoff aukar til 4 pst. Delkravet om avansert biodrivstoff styrkjer den globale klimaeffekten av omsetjingskravet og kan medverke til utvikling av verdikjeda for andregenerasjons biodrivstoff. Dei siste åra har mengda biodrivstoff auka, og omsetjinga nådde ein topp i 2017 med 659 millionar liter biodrivstoff. 317 millionar liter av dette var palmeolje. I 2018 gjekk mengda biodrivstoff ned til 497 millionar liter, og 93 millionar liter av dette var palmeolje. Nesten 40 pst. av biodrivstoffet i 2018 var avansert biodrivstoff. For luftfart er det frå 1. januar 2020 eit omsetjingskrav for avansert biodrivstoff på 0,5 pst.

Regjeringa har vedteke å utarbeide ein handlingsplan for utbygging av biogass i Noreg. Handlingsplanen skal medverke til å gjere biogassen si rolle i lågutsleppssamfunnet meir føreseieleg.

Regjeringa satsar på grøn skipsfart

Omlegging til bruk av null- og lågutsleppsløysingar innanfor skipsfarten er viktig for å nå nasjonale klimamål. Grøn skipsfart kan samtidig gi betydelege næringseffektar i form av arbeidsplassar og auka omsetjing for norske verft, teneste- og utstyrsleverandørar. Eksport av norsk, klimavennleg maritim teknologi er ytterlegare aktualisert gjennom den nullutsleppsvisjonen for internasjonal skipsfart som vart vedteken i FNs sjøfartsorganisasjon (IMO) i 2018.

Regjeringa la i juni 2019 fram ein handlingsplan for grøn skipsfart. Handlingsplanen skal medverke til å realisere regjeringas ambisjon om å halvere utsleppa frå innanriks sjøfart og fiske innan 2030, og å stimulere til null- og lågutsleppsløysingar i alle fartøyskategoriar.

I statsbudsjettet for 2020 foreslår regjeringa å styrkje innsatsen for å introdusere null- og lågutsleppsløysingar i skipsfarten med 100 mill. kroner til henholdsvis auka bruk av null- og lågutsleppsløysingar i fylkeskommunale hurtigbåtsamband og grøn flåtefornyelse av lasteskip.

Fullskala CO2-handtering og fangst av CO2

Regjeringas CO2-handteringsstrategi og Granavolden-plattforma slår fast ein ambisjon om å realisere ei kostnadseffektiv løysing for fullskala CO2-handtering i Noreg gitt at dette gir teknologiutvikling i eit internasjonalt perspektiv. Ifølgje FNs klimapanel vil CO2-fangst og lagring vere nødvendig for å nå Parisavtalas mål. Regjeringa arbeider langs fleire spor for å følgje opp vår strategi for CO2-handtering. Det inkluderer mellom anna teknologisenteret ved Mongstad (TCM), løyvingar til forskingsprogrammet CLIMIT, og prosjektet for fullskala CO2-handtering i Noreg. Hovudmålet for eit nytt norsk fullskalaprosjekt er å medverke til teknologiutvikling og kostnadsreduksjonar, slik at CO2-handtering kan bli eit effektivt klimatiltak globalt.

Norcem, som er eigd av det tyske sementselskapet Heidelberg, studerer fangst av CO2 frå prosessutslepp ved sin sementfabrikk i Porsgrunn, Brevik, og Fortum Oslo Varme studerer fangst av CO2 frå energigjenvinningsanlegget på Klemetsrud i Oslo. Equinor, Shell og Total samarbeider om arbeidet med transport og lagring, og planlegg eit landanlegg og lager med overkapasitet som vil kunne ta imot volum ut over dei som er omfatta i prosjektet. Lager- og transportløysinga kan relativt enkelt skalerast ytterlegare opp. Prosjektet arbeider no med forprosjektering før ei investeringsavgjerd kan fattast i 2020–2021.

Auka satsing på forsking og utvikling

Regjeringa styrkjer samhandlinga mellom næringslivet, forvaltinga og forskinga innan lågutsleppsindustri og har oppretta eit strategiforum; Prosess21. Hovudoppgåva for Prosess21 er å gi strategiske råd og tilrådingar om korleis Noreg best kan få til ei utvikling i retning av minimale utslepp frå prosessindustrien i 2050 og samtidig leggje til rette for at verksemder i prosessindustrien har berekraftig vekst i denne perioden. Prosess 21 vil levere sin rapport til regjeringa innan 1. mai 2021.

Regjeringa har auka rammene for Miljøteknologiordninga i Innovasjon Noreg betydeleg dei siste åra. Den føreslåtte løyvinga til Miljøteknologiordninga er 565,5 mill. kroner for 2020.

Nysnø Klimainvesteringar AS vart oppretta i 2017 som eit nytt statleg eigd investeringselskap. Selskapet skal medverke til reduserte klimagassutslepp gjennom investeringar. I statsbudsjettet for 2020 er det foreslått å løyve 700 mill. kroner i investeringskapital til selskapet. Dette er ein auke på 200 mill. kroner frå 2019. For nærare omtale sjå Nærings- og fiskeridepartementets budsjettproposisjon kap. 950 post 52 og post 90.

Regjeringa vil intensivere forskingsinnsatsen for omstilling til lågutsleppssamfunnet og prioritere utvikling av teknologi og løysingar for det grøne skiftet. Regjeringa styrkjer satsinga på forsking for omstilling til lågutsleppssamfunnet, teknologiutvikling for det grøne skiftet og vellykka klimatilpassing med 35 mill. kroner til Noregs forskningsråd over Klima og miljødepartementets budsjett. I 2019 hadde forskingsinnsatsen for å fremje lågutsleppsløysingar under Klima- og miljødepartementet ei ramme på 91,5 mill. kroner og har særleg fokus på ikkje-kvotepliktige utsleppssektorar, der transport og jordbruk er dei største. Regjeringa foreslår å styrkje forsking for klimatilpassa og lønnsam matproduksjon med 15 mill. kroner over budsjettet til Landbruks- og matdepartementet.

Regjeringa har etablert ei heilskapleg satsing for å synleggjere norske, grøne løysingar for auka eksport og for å trekkje internasjonale investorar til Noreg. Innovasjon Noreg fikk i 2018 i oppdrag å etablere eit samarbeid med privat næringsliv med dette som mål. I 2018 blei det utvikla eit digitalt utstillingsvindauge The Explorer som skal brukast til å gjere synleg norske grøne løysingar for den internasjonale marknaden. I mai 2019 ble The Explorer lansert internasjonalt. Arbeidet blir ført vidare i 2020 med ei løyving på 10,5 mill. kroner under Klima- og miljødepartementets budsjett. Sjå nærare omtale under kap. 1400 post 50.

I 2015 starta regjeringa ei pilotordning for skogplanting på nye areal som klimatiltak. Ordninga er no avslutta, og ein sluttrapport vart levert våren 2019. Regjeringa arbeider med å gjennomgå erfaringane frå denne ordninga.

Internasjonalt utviklingsarbeid blir styrkt

Regjeringa sin politikk nasjonalt må sjåast i samanheng med Noregs internasjonale forpliktingar og satsingar. Dette er omtalt i del II, under programkategori 12.20 og 12.70. Klima- og skoginitiativet er Noregs største internasjonale klimasatsing, og er saman med kjøp av klimakvotar og utvikling av nye marknadsmekanismar regjeringa sitt viktigaste bidrag til å redusere utslepp i utviklingsland. I 2020 foreslår regjeringa å føre vidare auken av løyvinga til Klima- og skoginitiativet med 200 mill. kroner, til eit nivå på 3,18 mrd. kroner. Reduserte utslepp frå tropisk skog er ein del av klimaavtala som vart vedteken i Paris i 2015. Avtala legg òg vekt på betaling for resultat som skoglanda oppnår. Gjennom det norske Klima- og skoginitiativet samarbeider vi med verdas største regnskogsland – Brasil, Colombia, Peru, Kongo og Indonesia – og har medverka til ei rekkje viktige resultat i form av utsleppsreduksjonar og berekraftig utvikling. I behandlinga av Meld. St. 24 (2016–2017) Felles ansvar for felles framtid slutta Stortinget seg til regjeringas forslag om at Klima- og skoginitiativet skal førast vidare på eit høgt nivå fram til 2030.

Det blir foreslått å løyve 290 mill. kroner til betaling for FN-godkjende klimakvotar i 2020.

Klima, miljø og hav er blant regjeringas hovudsatsingsområde for internasjonalt utviklingsarbeid, og innsatsen blir styrkt i 2020. Norsk innsats innan klima og miljø skal i hovudsak gå til finansiering av utsleppsreduksjonar og klimatilpassingstiltak, inkludert kapasitetsbygging og teknologisamarbeid i utviklingsland. Det grøne klimafondet er hovudkanalen for norsk mutilalteral klimafinansiering. Noreg vil doble bidraget til fondet frå 400 mill. kroner årleg til 800 mill. kroner årleg for perioden 2020 – 2023. Regjeringa vil òg prioritere støtte til utviklingsland sin innsats for å beskytte biomangfaldet, verdsarven, grøn skipsfart og innsats mot miljøgifter.

Ei nærare skildring av verkemiddel og satsingar på andre departement sine område finst i del III kapittel 8. Omtale av klimaeffekt av budsjettet finst i klimalovrapporteringa i del IV.

5 Oversiktstabellar

5.1 Merknader til budsjettframlegget

Regjeringa foreslår ei samla løyving til Klima- og miljødepartementet på 15 490,62 mill. kroner på utgiftssida og 9 297,606 mill. kroner på inntektssida.

5.2 Utgifter

Utgifter under programkategori 12.10 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

Pst. endr. 19/20

1400

Klima- og miljødepartementet

602 031

664 582

664 655

0,0

1410

Kunnskap om klima og miljø

799 724

956 710

1 022 671

6,9

1411

Artsdatabanken

77 961

69 793

69 375

-0,6

1412

Meteorologiformål

450 949

486 448

485 762

-0,1

Sum kategori 12.10

1 930 665

2 177 533

2 242 463

3,0

Utgifter under programkategori 12.20 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

Pst. endr. 19/20

1420

Miljødirektoratet

4 091 444

4 249 127

5 267 322

24,0

1422

Miljøvennleg skipsfart

11 832

12 557

33 894

169,9

1423

Radioaktiv forureining i det ytre miljø

17 276

27 040

28 518

5,5

1424

MAREANO

52 298

1425

Fisketiltak

14 817

16 796

17 244

2,7

1428

Enova SF

2 745 807

3 164 450

3 184 450

0,6

Sum kategori 12.20

6 933 474

7 469 970

8 531 428

14,2

Utgifter under programkategori 12.30 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

Pst. endr. 19/20

1429

Riksantikvaren

681 400

697 428

679 566

-2,6

1432

Norsk kulturminnefond

112 170

116 320

126 362

8,6

Sum kategori 12.30

793 570

813 748

805 928

-1,0

Utgifter under programkategori 12.60 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

Pst. endr. 19/20

1471

Norsk Polarinstitutt

329 537

320 128

328 119

2,5

1472

Svalbard miljøvernfond

19 905

19 658

20 658

5,1

1473

Kings Bay AS

50 892

30 270

34 893

15,3

1474

Fram – Nordområdesenter for klima- og miljøforsking

51 703

52 823

52 703

-0,2

Sum kategori 12.60

452 037

422 879

436 373

3,2

Utgifter under programkategori 12.70 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

Pst. endr. 19/20

1481

Klimakvotar

135 813

179 809

293 312

63,1

1482

Internasjonale klima- og utviklingstiltak

2 964 018

3 180 582

3 181 116

0,0

Sum kategori 12.70

3 099 831

3 360 391

3 474 428

3,4

5.3 Inntekter

Inntekter under programkategori 12.10 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

Pst. endr. 19/20

4400

Klima- og miljødepartementet

2 106

2 258

31 020

1 273,8

4411

Artsdatabanken

17 061

417

428

2,6

Sum kategori 12.10

19 167

2 675

31 448

1 075,6

Inntekter under programkategori 12.20 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

Pst. endr. 19/20

4420

Miljødirektoratet

151 720

137 107

150 813

10,0

4423

Radioaktiv forureining i det ytre miljø

1 000

5578

Sektoravgifter under Klima- og miljødepartementet

713 347

689 000

709 460

3,0

Sum kategori 12.20

865 067

826 107

861 273

4,3

Inntekter under programkategori 12.30 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

Pst. endr. 19/20

4429

Riksantikvaren

6 143

5 951

6 141

3,2

Sum kategori 12.30

6 143

5 951

6 141

3,2

Inntekter under programkategori 12.60 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

Pst. endr. 19/20

4471

Norsk Polarinstitutt

101 726

87 272

89 615

2,7

5578

Sektoravgifter under Klima- og miljødepartementet

20 648

19 670

20 670

5,1

Sum kategori 12.60

122 374

106 942

110 285

3,1

Inntekter under programkategori 12.70 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

Pst. endr. 19/20

4481

Sal av klimakvotar

7 181 722

8 288 459

15,4

Sum kategori 12.70

7 181 722

8 288 459

15,4

Utgifter fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

Pst. endr. 19/20

01–01

Driftsutgifter

1 515 342

1 538 885

1 562 847

1,6

11–25

Varer og tenester

1 386 310

1 495 050

1 688 150

12,9

30–49

Nybygg, anlegg m.v.

646 991

602 009

611 559

1,6

50–59

Overføringar til andre statsrekneskapar

3 689 116

4 150 269

4 258 998

2,6

60–69

Overføringar til kommunar

240 710

310 100

295 154

-4,8

70–89

Overføringar til private

5 731 108

6 148 208

7 073 912

15,1

Sum under departementet

13 209 577

14 244 521

15 490 620

8,7

Inntekter fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

Pst. endr. 19/20

01–29

Sal av varer og tenester m.v.

278 756

7 414 727

8 567 476

15,5

50–91

Skattar, avgifter og andre overføringar

733 995

708 670

730 130

3,0

Sum under departementet

1 012 751

8 123 397

9 297 606

14,5

Oversikt over bruk av stikkordet «kan overførast»

**Under Klima- og miljødepartementet blir stikkordet foreslått knytta til desse postane utanom postgruppe 30–49

(i 1 000 kr)

Kap.

Post

Nemning

Overført til 2019

Forslag 2020

1400

74

Tilskot til AMAP

5 002

1400

76

Støtte til nasjonale og internasjonale miljøtiltak

15 385

101 328

1410

23

MAREANO

15 484

45 577

1411

21

Spesielle driftsutgifter

4 226

7 122

1411

70

Tilskot til arter og naturtypar

29 666

1420

23

Oppdrags- og gebyrrelatert verksemd

6 421

149 260

1420

61

Tilskot til klimatiltak og klimatilpassing

59 770

187 832

1420

69

Oppryddingstiltak

61 800

74 962

1420

70

Tilskot til vassmiljøtiltak

11 004

40 792

1420

71

Marin forsøpling

597

70 290

1420

73

Tilskot til rovvilttiltak

5 602

80 426

1420

78

Friluftsformål

18 239

183 891

1420

79

Oppryddingstiltak

100

450

1420

81

Naturarv og kulturlandskap

660

66 311

1420

82

Tilskot til truga arter og naturtypar

1 971

45 355

1420

83

Tilskot til tiltak mot framande arter

4 000

1420

85

Naturinformasjonssenter

3 581

75 413

1425

70

Tilskot til fiskeformål

218

17 145

1429

22

Fleirårige prosjekt kulturminneforvaltning

28 254

30 371

1429

70

Tilskot til automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne

10 313

33 164

1429

71

Tilskot til freda kulturminne i privat eige, kulturmiljø og kulturlandskap

7 347

159 015

1429

72

Tilskot til tekniske og industrielle kulturminne

16

58 045

1429

73

Tilskot til bygningar og anlegg frå mellomalderen og brannsikring

23 299

57 575

1429

74

Tilskot til fartøyvern

264

63 926

1429

75

Tilskot til fartøyvernsenter

429

15 949

1429

77

Tilskot til verdiskapingsarbeid på kulturminneområde

2 210

8 232

1429

79

Tilskot til verdsarven

11 548

63 690

1471

21

Spesielle driftsutgifter

83 238

1474

50

Tilskot til statlege mottakarar

23 891

1474

70

Tilskot til private mottakarar

43

28 812

1481

01

Driftsutgifter

5 351

3 002

1481

22

Kvotekjøp, generell ordning

85 074

290 000

1481

23

Kvotekjøp, statstilsette sine flyreiser

310

1482

73

Klima- og skogsatsinga

51 256

3 081 543

6 Oppfølging av oppmodingsvedtak

Nedanfor er det gjort greie for oppfølging av oppmodingsvedtak under Klima- og miljødepartementet. Tabell 6.1 og påfølgjande utdjupande tekst inkluderer alle vedtak frå stortingssesjonen 2018–2019 og alle vedtak frå tidlegare stortingssesjonar der rapporteringa ikkje vart avslutta i samband med behandlinga av Prop. 1 S (2018–2019), samt dei vedtaka som kontroll- og konstitusjonskomiteen i Innst. 291 S (2018–2019) meinte ikkje var kvittert ut.

I enkelte tilfelle kan oppfølginga av vedtaka vere meir omfattande beskrive under det aktuelle programområdet i proposisjonen. Det vil i desse tilfella vere ei tilvising til denne teksten.

I tabell 6.1 er det oppgitt kor vidt departementet planlegg at rapporteringa på oppmodingsvedtaket no er avslutta, eller om departementet vil rapportere konkret på vedtaket også i neste års budsjettproposisjon. Rapportering på vedtak som inneber at departementet skal leggje fram ei konkret sak for Stortinget som til dømes proposisjon, stortingsmelding, utgreiing el., vil normalt bli avslutta først når saka er lagt fram for Stortinget.

Sjølv om det i tabellen er oppgitt at rapporteringa er avslutta, vil det i en del tilfelle kunne vere slik at oppfølginga av alle sider av vedtaket ikkje er endeleg avslutta. Dette kan til dømes gjelde vedtak med oppmoding til regjeringa om å ta særlege omsyn i politikkutforminga på eit område. Då vil oppfølginga kunne strekkje seg over mange år. Stortinget vil i desse tilfella haldast orientert om den vidare oppfølginga på ordinær måte, gjennom omtale av det relevante politikkområdet i budsjettproposisjonar og andre dokument. Klima- og miljødepartementet viser til at kontroll- og konstitusjonskomiteen i Innst. 291 S (2018–2019) har understreka at det i enkelte tilfelle er nødvendig å fremje forslag om at oppmodingsvedtaket blir oppheva før rapporteringa kan avsluttast. Departementet har i tråd med dette fremja eit slikt forslag. Det vises til forslagsdelen i denne proposisjonen.

Tabell 6.1 Oversikt over oppmodingstiltak, ordna etter sesjon og nummer

Sesjon

Vedtak nr.

Stikkord

Rapportering avslutta (ja/nei)

2018–2019

24

Vassforvaltingsplanane

Ja

2018–2019

93

Samane si deltaking i konsultasjon knytt til Tana-avtala

Ja

2018–2019

332

Oppfølging av evalueringa av nasjonale laksevassdrag og laksefjordar

Ja

2018–2019

383

Erstatningsreglane for tap av beitedyr til rovvilt

Nei

2018–2019

386

Meir effektiv lisensjakt på jerv

Ja

2017–2018

204

Stortingsmelding om kulturminnefeltet

Nei

2017–2018

205

Nasjonale mål på kulturminnefeltet

Nei

2017–2018

389

Sikre at CO2-fondets verkemiddelapparat også omfattar Kystruta

Ja

2017–2018

480

Nasjonale mål for avfallsførebygging, materialgjenvinning og gjenbruk

Nei

2017–2018

481

Gjenbruk gjennom kommunane sine gjenbruksstasjonar

Nei

2017–2018

482

Utleige av avfallskonteinarar frå godkjente avfallsselskap

Nei

2017–2018

483

Bruk av husdyrgjødsel i produksjonen av biogass basert på matavfall

Ja

2017–2018

484

Krav til behandling av kloakkslam

Ja

2017–2018

485

Krav til utsortering og materialgjenvinning av plast og matavfall

Nei

2017–2018

486

Avfall frå offentlege tenester og andre som produserer avfall som liknar hushaldsavfall

Nei

2017–2018

487

Reinsing av flygeoske

Nei

2017–2018

489

Matkastelov

Nei

2017–2018

490

Fosforgjenvinning

Nei

2017–2018

491

Oppsamling av gummigranulat frå eksisterande og nye kunstgrasbaner

Nei

2017–2018

492

Revidert strategi mot marin plastforsøpling og spreiing av mikroplast

Nei

2017–2018

493

Nasjonal strategi for ein sirkulær økonomi

Nei

2017–2018

496

EØS-mål for gjenvinning av avfall frå bygg- og anleggsnæringa

Nei

2017–2018

497

Plan for å avgrense mengda farleg avfall

Ja

2017–2018

498

Arbeide for å utfase unødvendig bruk av eingongsartiklar av plast

Nei

2017–2018

502

Pålegg om utsortering og materialgjenvinning av plast- og matavfall

Nei

2017–2018

503

Handlingsplan for kretsløpsøkonomi

Nei

2017–2018

575

Heilskapleg plan for Oslofjorden

Nei

2017–2018

661

Utgreie strengare krav til svartvass- og gråvassutslepp frå cruiseskip

Nei

2017–2018

664

Utvikle vidare programmet for grøn skipsfart

Ja

2017–2018

667

Handlingsplan for utbygging av biogass i Noreg

Ja

2017–2018

668

Bransjenorm for biogass

Ja

2017–2018

671

Kutt i klimagassutslepp – sektorvise ambisjonar

Nei

2017–2018

672

Implementere krav og reguleringar til utslepp frå cruiseskip og annan skipstrafikk i turistfjordar m.m.

Nei

2017–2018

674

Nasjonalt forbod mot sal av heliumballongar

Nei

2017–2018

758

Biogass i drivstoffhierarkiet

Ja

2017–2018

764

Dekningsplikta når gardbrukarar blir pålagt undersøkingar

Nei

2017–2018

815

Oppmjukingar i forskriftene til lov om motorferdsel i utmark

Nei

2016–2017

19

Omsetningskrav for bruk av berekraftig drivstoff i skipsfart

Nei

2016–2017

21

Verkemiddel for utvikling av fleire låg- og nullutsleppsløysingar for skip

Ja

2016–2017

108, punkt 7

CO2-nøytralt syntetisk drivstoff

Ja

2016–2017

108, punkt 8

E10 som ny bransjestandard for bensin

Nei

2016–2017

309

Ordning for å sikre at importerte bilar er omfatta av dei lovpålagte returordningane

Ja

2016–2017

529

Gratis levering av marint avfall

Nei

2016–2017

530

Endring av forureiningslova, gebyr for forsøpling

Ja

2016–2017

591

Fagleg gjennomgang av den norske delbestanden av ulv

Nei

2016–2017

722

Plan for vedlikehaldsetterslepet på kulturminne

Nei

2016–2017

750

Bransjeavtale eller liknande, om at alt sal av biodrivstoff skal vere palmeoljefritt

Ja

2016–2017

751

Verkemiddel for å fremje bruk av avansert berekraftig biodrivstoff

Ja

2016–2017

753

Forbod mot palmeolje i offentleg kjøp

Ja

2016–2017

907

Leggje fram heilskapleg nasjonal plan for marine verneområde

Nei

2016–2017

909

Leggje fram fagleg oppdatert avgrensing av heile iskantsona inkludert «Vesterisen»

Nei

2016–2017

910

Eventuell ny definisjon av iskanten i revideringen av forvaltningsplanen for Barentshavet-Lofoten

Nei

2016–2017

914

Forslag til tiltak og verkemiddel for overvassproblematikk

Nei

2016–2017

961

Tilrettelegging for mottak av husdyrgjødsel

Ja

2016–2017

1105

Fossilfrie anleggsprosjekt

Nei

2015–2016

57

Tiltak for auka bruk av låg- og nullutslepps-teknologi i nærskipsfarten

Ja

2015–2016

668

Leggje fram plan for marine verneområde

Nei

2015–2016

669

Klargjering av kva som er god tilstand og kva areal som er å rekne som forringa økosystem

Nei

2015–2016

670

Kvalitetsnormer for økosystem som del av utviklinga av nye forvaltningsmål

Nei

2015–2016

674

Handlingsplan for å betre situasjonen for sjøfugl

Nei

2015–2016

677

Kvalitetsnorm for villrein

Nei

2015–2016

679

Framandartslista og raudliste for arter og naturtypar

Ja

2015–2016

681

Forbod mot mikroplast i kroppspleieprodukt

Nei

2015–2016

772

Lik jakttid i og utanfor ulvesona

Ja

2015–2016

895

Parisavtala – Noregs endelege nasjonalt fastsette bidrag for perioden 2021–2030

Ja

2015–2016

897

Noreg skal vere klimanøytralt frå og med 2030

Nei

Stortingssesjon 2018–2019

Vassforvaltingsplanane

Vedtak nr. 24, 15. november 2018

«Stortinget ber regjeringen sørge for at vannforvaltningsplanene fortsatt er regionale planer etter plan- og bygningsloven, og at planprosessene skal følge bestemmelsene i plan- og bygningsloven.»

Vedtaket vart fatta ved behandling av Prop. 93 L (2017–2018), jf. Innst. 34 L (2018–2019) Endringer i naturmangfoldloven, Lovvedtak 8 (2018–2019).

Vedtaket er følgt opp i den nyleg reviderte vassforskrifta. Regjeringa ser oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Samane si deltaking i konsultasjon knytt til Tana-avtala

Vedtak nr. 93, 4. desember 2018

«Stortinget ber regjeringen gjennomgå anbefalingene i årsmeldingen for 2017 fra Norges nasjonale institusjon for menneskerettigheter og komme tilbake til Stortinget på egnet måte med hvordan anbefalingene er fulgt opp.»

Vedtaket vart gjort ved behandling av Dokument 6 (2017–2018), jf. Innst. 78 S (2018–2019), Årsmelding for 2017 fra Norges nasjonale institusjon for menneskerettigheter.

I del II, side 163 i denne budsjettproposisjonen er det gjort greie for korleis tilrådingane i Årsmelding for 2017 fra Norges nasjonale institusjon for menneskerettigheter er følgde opp. Regjeringa ser oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Oppfølging av evalueringa av nasjonale laksevassdrag og laksefjordar

Vedtak nr. 332, 18. desember 2018

«Stortinget ber regjeringen på egnet måte orientere Stortinget om det videre arbeidet med oppfølgingen av evalueringen av nasjonale laksevassdrag og laksefjorder.»

Vedtaket vart fatta ved behandling av Prop. 1 S (2018–2019), jf. Innst. 9 S (2018–2019).

Klima- og miljødepartementet vil i første omgang utarbeide rettleiingsmateriell og retningslinjer mynta på ulike forvaltingsorgan, og i samarbeid med andre aktuelle departement setje i gang arbeid med ei ny forskrift etter lakse- og innlandsfisklova § 7a, jf. omtale i Prop. 1 S (2018–2019) s. 272. Stortinget vil bli halde orientert om den vidare oppfølginga av evalueringa gjennom omtale av det aktuelle politikkområdet i komande budsjettproposisjonar. Regjeringa ser oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Erstatningsreglene ved tap av beitedyr til rovvilt

Vedtak nr. 383, 31. januar 2019

«Stortinget ber regjeringen foreta en vurdering av erstatningsordningene for tap av beitedyr til rovvilt og kompensasjonsordningen (FKT) og rapportere til Stortinget på egnet måte.»

Vedtaket vart fatta ved behandling av Dokument 8:239 S (2017–2018) Representantforslag om erstatningsreglene ved tap av beitedyr til rovvilt, Innst. 140 S (2018–2019).

Regjeringa er i gang med oppfølginga av dette vedtaket.

Meir effektiv lisensjakt på jerv

Vedtak nr. 386, 31. januar 2019

«Stortinget ber regjeringa sende på alminneleg høyring eit forslag om å gjere forsøksordningane med fastmontert kunstig lys ved åtejakt og kameraovervaking/elektronisk overvaking av fangstbås permanente ved endring av forskrift om utøvelse av jakt, felling og fangst.»

Vedtaket vart fatta ved behandling av Dokument 8:2 S (2018–2019) Representantforslag om meir effektiv jakt på jerv, Innst. 141 S (2018–2019).

Forslag om å gjere fastmontert, kunstig lys ved åtejakt på jerv og kameraovervaking/elektronisk overvaking av fangstbås for jerv permanente vart sendt på høyring 6. juni 2019. Regjeringa ser oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Stortingssesjon 2017–2018

Stortingsmelding om kulturminnefeltet

Vedtak nr. 204, 12. desember 2017

«Stortinget ber regjeringen legge frem en stortingsmelding om kulturminnefeltet.»

Vedtaket vart gjort ved behandling av Prop. 1 S (2017–2018), jf. Innst. 14 S (2017–2018).

I samsvar med Jeløya-erklæringa og Stortingets oppmodingsvedtak har regjeringa, i juni 2018, vedtatt å legge fram melding til Stortinget om kulturminnefeltet. Regjeringa tek sikte på å leggje fram meldinga våren 2020.

Nasjonale mål på kulturminnefeltet

Vedtak nr. 205, 12. desember 2017

«Stortinget ber regjeringen vente med å realitetsbehandle endrede nasjonale mål til stortingsmeldingen om kulturminnefeltet er behandlet.»

Vedtaket vart gjort ved behandling av Prop. 1 S (2017–2018), jf. Innst. 14 S (2017–2018).

I samsvar med Jeløya-erklæringa og Stortingets oppmodingsvedtak har regjeringa, i juni 2018, vedtatt å legge fram melding til Stortinget om kulturminnefeltet. Forslag til nye nasjonale mål blir lagt fram som ein del av den nye stortingsmeldinga. Regjeringa tek sikte på å leggje fram meldinga våren 2020.

Sikre at CO2-fondets verkemiddelapparat også omfattar Kystruta

Vedtak nr. 389, 20. desember 2017

«Stortinget ber regjeringen sikre at CO2-fondets virkemiddelapparat er bredt nok til også å omfatte Kystruten.»

Vedtaket vart gjort ved behandling av Dokument 8:73 S (2017–2018), jf. Innst. 95 S (2017–2018).

Enova er gitt i oppdrag å administrere eit Nullutsleppsfond for næringstransport. Fondet skal støtte auka marknadsintroduksjon og -vekst for batteri-, hydrogen- og biogassløysingar både på land og på sjø. Fondet er breitt nok til å omfatte Kystruta. Over dei to åra 2019 og 2020 blir det stilt 1 mrd. kroner til disposisjon for Nullutsleppsfondet. Frå 2021 legg departementet opp til at styringa av Nullutsleppsfondet blir omfatta av Enovas ordinære styringsavtale for neste avtaleperiode. Regjeringa ser oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Nasjonale mål for avfallsførebygging, materialgjenvinning og gjenbruk

Vedtak nr. 480, 12. april 2018

«Stortinget ber regjeringen sette nasjonale mål for avfallsforebygging, materialgjenvinning og gjenbruk i tråd med EUs sirkulære økonomipakke.»

Vedtaket vart gjort ved behandling av Meld. St. 45 (2016–2017), jf. Innst. 127 S (2017–2018) om Avfall som ressurs – Avfallspolitikk og sirkulær økonomi, jf. tilrådinga i innstillinga romartal I.

Miljødirektoratet har fått i oppdrag å greie ut gjennomføringa av krava som er sett til materialgjenvinning i EUs avfallsregelverk og å vurdere eit nasjonalt mål for materialgjenvinning. Når det gjeld avfallsførebygging og gjenbruk er det ikkje sett noko mål om det i EUs sirkulære økonomipakke. Det er store metodiske utfordringar å kvantifisere mål for avfallsførebygging og gjenbruk. Det blir arbeidd med å utvikle indikatorar for avfallsførebygging på matavfallområdet og i påvente av dette arbeidet er det føremålstenleg å vente med arbeid med mål og indikatorar for førebygging på andre område. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Gjenbruk gjennom kommunane sine gjenbruksstasjonar

Vedtak nr. 481, 12. april 2018

«Stortinget ber regjeringen gi kommunene ansvar for å legge til rette for gjenbruk gjennom kommunenes gjenbruksstasjoner.»

Vedtaket vart gjort ved behandling av Meld. St. 45 (2016–2017), jf. Innst. 127 S (2017–2018) om Avfall som ressurs – Avfallspolitikk og sirkulær økonomi, jf. tilrådinga i innstillinga romartal II.

Det er vurdert at kommunane allereie har dette ansvaret, sjølv om det ikkje går uttrykkeleg fram av forureiningslova, og at dette kan dekkjast over avfallsgebyret, jf Prop. 1 S (2018–2019). Energi og miljøkomiteen tok regjeringas vurdering til orientering og bad om ei orientering om kor vidt kommunane følgjer opp dette ansvaret, jf. Innst. 9 S (2018–2019). Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget med ei orientering om kor vidt kommunane følgjer opp.

Utleige av avfallskonteinarar frå godkjente avfallsselskap

Vedtak nr. 482, 12. april 2018

«Stortinget ber regjeringen gi kommunene anledning til selv å bestemme om de ønsker samtykke ved utleie av avfallskonteinere fra godkjente avfallsselskaper.»

Vedtaket vart gjort ved behandling av Meld. St. 45 (2016–2017), jf. Innst. 127 S (2017–2018) om Avfall som ressurs – Avfallspolitikk og sirkulær økonomi, jf. tilrådinga i innstillinga romartal III.

Departementet arbeider med saka. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Bruk av husdyrgjødsel i produksjonen av biogass basert på matavfall

Vedtak nr. 483, 12. april 2018

«Stortinget ber regjeringen om at ved bygging av nye industrielle anlegg for produksjon av biogass basert på matavfall, skal det gjøres en utredning av om det er hensiktsmessig å ta inn husdyrgjødsel i produksjonen.»

Vedtaket vart gjort ved behandling av Meld. St. 45 (2016–2017), jf. Innst. 127 S (2017–2018) om Avfall som ressurs – Avfallspolitikk og sirkulær økonomi, jf. tilrådinga i innstillinga romartal IV. Oppfølginga er omtalt i Prop. 1 S (2018–2019) for Klima- og miljødepartementet s 48.

Vedtaket må vurderast i samanheng med vedtak nr. 961, 16. juni 2017, «Tilrettelegging for mottak av husdyrgjødsel».

Enova orienterer om at det ved vurdering av økonomisk støtte til verksemder som vil etablere nye produksjonsanlegg for biogass eller utvide eksisterande anlegg, alltid blir utført omfattande analysar. Ei vurdering av ulike substrat inngår i desse analysane. Regjeringa ser oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Krav til behandling av kloakkslam

Vedtak nr. 484, 12. april 2018

«Stortinget ber regjeringen utrede hvordan man kan stille krav om at alt kloakkslam skal behandles fortrinnsvis gjennom produksjon av biogass og biogjødsel eller kompost.»

Vedtaket vart gjort ved behandling av Meld. St. 45 (2016–2017), jf. Innst. 127 S (2017–2018) om Avfall som ressurs – Avfallspolitikk og sirkulær økonomi, jf. tilrådinga i innstillinga romartal V. Oppfølginga er omtalt i Prop. 1 S (2018–2019) for Klima- og miljødepartementet s 48.

Miljødirektoratet har i notat av 27. september 2019 utgreidd klimanytten av kloakkslam. I notatet omtaler Miljødirektoratet dei krava og føringane vi i dag har til handtering av avløpsslam og for ferdig behandla slam, og kva som er status for utnytting av avløpsslammet. Miljødirektoratet finn at dagens praksis allereie er i samsvar med intensjonen i oppmodingsvedtaket.

Gjennom ein kombinasjon av eksisterande krav, føringar og overordna målsettingar, leveras avløpsslam («kloakkslam») i all hovudsak i dag til behandling enten til biogass- eller komposteringsanlegg. Over 80 pst. av alt avløpsslam som blir reinsa ut ved avløpsanlegga i Noreg blir allereie disponerte som jordbetring i jordbruket og i grøntareal,

Vurderinga til Miljødirektoratet er derfor at å stilla ytterlegare krav til at slam blir behandla gjennom produksjon av biogass og biogjødsel eller kompost, ikkje er nødvendig. Regjeringa ser oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Krav til utsortering og materialgjenvinning av plast og matavfall

Vedtak nr. 485, 12. april 2018

«Stortinget ber regjeringen stille krav til utsortering og materialgjenvinning av plast og matavfall fra husholdninger og lignende avfall fra næringslivet.»

Vedtaket vart gjort ved behandling av Meld. St. 45 (2016–2017), jf. Innst. 127 S (2017–2018) om Avfall som ressurs – Avfallspolitikk og sirkulær økonomi, jf. tilrådinga i innstillinga romartal VI.

Miljødirektoratet har utgreidd krav til utsortering og materialgjenvinning av matavfall og plastavfall og kome med forslag til ei forskrift for å regulera dette. Saka ligg til behandling i departementet. Stortinget vil bli orientert på eigna måte.

Avfall frå offentlege tenester og andre som produserer avfall som liknar hushaldsavfall

Vedtak nr. 486, 12. april 2018

«Stortinget ber regjeringen utrede og legge til rette for at alt avfall fra offentlige tjenester og andre som produserer avfall som likner husholdningsavfall, skal ha de samme kravene til materialgjenvinning i norsk regelverk som husholdningsavfall.»

Vedtaket vart gjort ved behandling av Meld. St. 45 (2016–2017), jf. Innst. 127 S (2017–2018) om Avfall som ressurs – Avfallspolitikk og sirkulær økonomi, jf. tilrådinga i innstillinga romartal VII.

Miljødirektoratet har utgreidd krav til utsortering og materialgjenvinning av matavfall og plastavfall og kome med forslag til ei forskrift for å regulera dette. Saka ligg til behandling i departementet. Stortinget vil bli orientert på eigna måte.

Reinsing av flygeoske

Vedtak nr. 487, 12. april 2018

«Stortinget ber regjeringen utrede påbud om rensing av flyveaske og komme til Stortinget med dette på egnet måte.»

Vedtaket vart gjort ved behandling av Meld. St. 45 (2016–2017), jf. Innst. 127 S (2017–2018) om Avfall som ressurs – Avfallspolitikk og sirkulær økonomi, jf. tilrådinga i innstillinga romartal XI.

Regjeringa har våren 2019 nedsett eit ekspertutval som skal sjå på høve til reduksjon av farleg avfall og framtidig behandling. Dei skal blant anna vurdere høve til auka ressursutnytting av farleg avfall ved bruk av ny/alternativ teknologi og nye løysingar. Utvalet skal ferdigstille sitt arbeid i november 2019. Vidare oppfølging av oppmodingsvedtak nr. 487 må sjåast i samanheng med utvalet sine konklusjonar. Stortinget vil bli orientert på eigna måte.

Matkastelov

Vedtak nr. 489, 12. april 2018

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag til en matkastelov som omfatter næringsmiddelindustrien og matvarebransjen. Loven bør omfatte påbud om å donere all spiselig overskuddsmat til veldedige formål og sekundært til dyrefôr, samt påbud om å offentliggjøre nøkkeltall knyttet til matsvinn og reduksjon av matsvinn.»

Vedtaket vart gjort ved behandling av Meld. St. 45 (2016–2017), jf. Innst. 127 S (2017–2018) om Avfall som ressurs – Avfallspolitikk og sirkulær økonomi, jf. tilrådinga i innstillinga romartal XV.

Departementet har gitt Miljødirektoratet i oppdrag å utarbeide eit forslag til ei matkastelov, med frist til utgangen av 2019. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Fosforgjenvinning

Vedtak nr. 490, 12. april 2018

«Stortinget ber regjeringen utrede virkemidler og tiltak for å legge til rette for fosforgjenvinning i Norge.»

Vedtaket vart gjort ved behandling av Meld. St. 45 (2016–2017), jf. Innst. 127 S (2017–2018) om Avfall som ressurs – Avfallspolitikk og sirkulær økonomi, jf. tilrådinga i innstillinga romartal XVI.

Departementet arbeider med saka. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Oppsamling av gummigranulat frå eksisterande og nye kunstgrasbaner

Vedtak nr. 491, 12. april 2018

«Stortinget ber regjeringen innføre et regelverk som sikrer at effektivt utstyr for oppsamling av gummigranulat fra eksisterende og nye kunstgressbaner tas i bruk med virkning fra 1. januar 2019.»

Vedtaket vart gjort ved behandling av Meld. St. 45 (2016–2017), jf. Innst. 127 S (2017–2018) om Avfall som ressurs – Avfallspolitikk og sirkulær økonomi, jf. tilrådinga i innstillinga romartal XXIII.

Klima- og miljødepartementet tek sikte på å innføre reglar om etablering og drift av kunstgrasbaner. Miljødirektoratet har utarbeidd eit forslag til forskrift, som no er på offentleg høyring med frist i oktober 2019. Departementet vil følgje opp dette etter høyringa. Stortinget vil bli orientert på eigna måte.

Revidert strategi mot marin plastforsøpling og spreiing av mikroplast

Vedtak nr. 492, 12. april 2018

«Stortinget ber regjeringen revidere strategi mot marin plastforsøpling og spredning av mikroplast innen 2020.»

Vedtaket vart gjort ved behandling av Meld. St. 45 (2016–2017), jf. Innst. 127 S (2017–2018) om Avfall som ressurs – Avfallspolitikk og sirkulær økonomi, jf. tilrådinga i innstillinga romartal XXIV.

Ei revidering vil omfatte både nye tiltak og tiltak som er i gang. Departementet har satt i gang dette arbeidet slik at revidert strategi mot marin forsøpling og spreiing av mikroplast ligg føre innan 2020. Stortinget vil bli orientert på eigna måte.

Nasjonal strategi for ein sirkulær økonomi

Vedtak nr. 493, 12. april 2018

«Stortinget ber regjeringen utarbeide en nasjonal strategi for en sirkulær økonomi.»

Vedtaket vart gjort ved behandling av Meld. St. 45 (2016–2017), jf. Innst. 127 S (2017–2018) om Avfall som ressurs – Avfallspolitikk og sirkulær økonomi, jf. tilrådinga i innstillinga romartal XXVII.

Vedtaket må sjåast i samanheng med vedtak nr. 503 av 12. april 2018, Handlingsplan for kretsløpsøkonomi. Regjeringa arbeider med ein nasjonal strategi for sirkulær økonomi, og vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

EØS-mål for gjenvinning av avfall frå bygg- og anleggsnæringa

Vedtak nr. 496, 12. april 2018

«Stortinget ber regjeringen vurdere om vi når EØS-mål for gjenvinning av avfall fra bygg- og anleggsnæringen i 2020, og ev. utrede nødvendige virkemidler, herunder vurdere en skjerping av kravene til byggavfall i teknisk forskrift.»

Vedtaket vart gjort ved behandling av Meld. St. 45 (2016–2017), jf. Innst. 127 S (2017–2018) om Avfall som ressurs – Avfallspolitikk og sirkulær økonomi.

Departementet arbeider med saka. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Plan for å avgrense mengda farleg avfall

Vedtak nr. 497, 12. april 2018

«Stortinget ber regjeringen utarbeide en plan for å begrense mengden farlig avfall.»

Vedtaket vart gjort ved behandling av Meld. St. 45 (2016–2017), jf. Innst. 127 S (2017–2018) om Avfall som ressurs – Avfallspolitikk og sirkulær økonomi.

Miljødirektoratet har fått i oppdrag å utarbeide en plan for å avgrense mengda farleg avfall.

Oppdraget er levert i juni 2019. Regjeringa ser oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Arbeide for å fase ut unødvendig bruk av eingongsartiklar av plast

Vedtak nr. 498, 12. april 2018

«Stortinget ber regjeringen arbeide for å utfase unødvendig bruk av engangsartikler av plast.»

Vedtaket vart gjort ved behandling av Meld. St. 45 (2016–2017), jf. Innst. 127 S (2017–2018) om Avfall som ressurs – Avfallspolitikk og sirkulær økonomi.

EU har vedteke direktiv om å redusere miljøkonsekvensar av enkelte plastprodukt. Direktivet stiller ulike krav til ulike produktgrupper. Landa skal innføre omsetningsforbod mot enkelte eingongsartiklar. Miljødirektoratet fekk i juni 2019 oppdrag å komme med forslag til gjennomføring av forbod for desse eingongsartiklane. Klima- og miljødepartementet har òg sett ned ei arbeidsgruppe med deltaking frå næringslivet, arbeidstakar- og miljøorganisasjonar for eit meir forpliktande samarbeid for å redusere bruk av unødvendige eingongsartiklar av plast for produkt der direktivet ikkje krev forbod. Arbeidsgruppa skal levere rapport innan 1. mars 2020. Stortinget vil bli orientert på eigna måte.

Pålegg om utsortering og materialgjenvinning av plast- og matavfall

Vedtak nr. 502, 2. april 2018

«Stortinget ber regjeringen pålegge kommuner og næringsaktører utsortering og materialgjenvinning av plast- og matavfall i tråd med anbefalingene fra Miljødirektoratet.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er representantforslag frå stortingsrepresentant Une Aina Bastholm om eit løft for norsk sirkulærøkonomi gjennom gjenvinning av avfall for næringsaktørar og kommunar, jf. Dok. 8:31 S (2017–2018) og Innst. 129 S (2017–2018).

Miljødirektoratet har utgreidd krav til utsortering og materialgjenvinning av matavfall og plastavfall og komme med forslag til ei forskrift for å regulere dette. Saka ligg til behandling i departementet. Stortinget vil bli orientert på eigna måte.

Handlingsplan for kretsløpsøkonomi

Vedtak nr. 503, 12. april 2018

«Stortinget ber regjeringen lage en forpliktende handlingsplan for kretsløpsøkonomi med mindre ressurssløsing i alle deler av samfunnet.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er representantforslag frå stortingsrepresentant Une Aina Bastholm om eit løft for norsk sirkulærøkonomi gjennom gjenvinning av avfall for næringsaktørar og kommunar, jf. Dok. 8:31 S (2017–2018) og Innst. 129 S (2017–2018).

Vedtaket må sjåast i samanheng med vedtak nr. 493 av 12. april 2018, Nasjonal strategi for ei sirkulær økonomi. Regjeringa arbeider med ein nasjonal strategi for sirkulær økonomi. Stortinget vil bli orientert på eigna måte.

Heilskapleg plan for Oslofjorden

Vedtak nr. 575, 5. april 2018

«Stortinget ber regjeringen legge fram helhetlig plan for Oslofjorden – med mål om at fjorden skal oppnå god miljøtilstand, restaurere viktige naturverdier, fremme et aktivt friluftsliv og ivareta det biologiske mangfoldet i fjorden.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er representantforslag frå stortingsrepresentantane Ola Elvestuen, Carl-Erik Grimstad og Abid Q. Raja om ein heilskapleg forvaltningsplan for Oslofjorden, jf. Dok. 8:51 S (2017–2018) og Innst. 203 S (2017–2018).

Oppmodingsvedtaket er til behandling i Klima- og miljødepartementet. Ein tek sikte på at arbeidet med heilskapleg plan for Oslofjorden blir fullført i 2020. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Utgreie strengare krav til svartvass- og gråvassutslepp frå cruiseskip

Vedtak nr. 661, 3. mai 2018

«Stortinget ber regjeringen utrede strengere krav til svartvanns- og gråvannsutslipp fra cruiseskip.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 41 (2016–2017) Klimastrategi for 2030 – norsk omstilling i europeisk samarbeid, representantforslag frå stortingsrepresentantane Audun Lysbakken, Lars Haltbrekken, Kari Elisabeth Kaski, Arne Nævra og Torgeir Knag Fylkesnes om å gjennomføre Stortingets mål i klimaforliket om å kutte norske klimagassutslepp fram mot 2020, jf. Dok. 8:16 S (2017–2018) og Innst. 253 S (2017–2018), jf. tilrådinga i innstillinga romartal VIII.

Sjøfartsdirektoratet arbeider med sikte på å innføre strengare krav til utslepp av kloakk frå skip langs kysten. Sjøfartsdirektoratet har òg i oppdrag å utgreie om utsleppkrava som er innførte til skip i verdsarvfjordane, inkludert krava til utslepp av gråvatn og kloakk, kan innførast i andre fjordar. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Utvikle vidare programmet for grøn skipsfart

Vedtak nr. 664, 3. mai 2018

«Stortinget ber regjeringen videreutvikle programmet for grønn skipsfart til å omfatte nullutslipps- og hybridkonsepter for ulike fartøykategorier innen 2030.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 41 (2016–2017) Klimastrategi for 2030 – norsk omstilling i europeisk samarbeid, representantforslag frå stortingsrepresentantane Audun Lysbakken, Lars Haltbrekken, Kari Elisabeth Kaski, Arne Nævra og Torgeir Knag Fylkesnes om å gjennomføre Stortingets mål i klimaforliket om å kutte norske klimagassutslepp fram mot 2020, jf. Dok. 8:16 S (2017–2018) og Innst. 253 S (2017–2018), jf. tilrådinga i innstillinga romartal XI.

Regjeringa har sett ein ambisjon om å halvere utsleppa frå innanriks sjøfart og fiske innan 2030 og la våren 2019 fram ein eigen handlingsplan for grøn skipsfart med tiltak for å stimulere til null- og lågutsleppsløysingar innan dei ulike fartøykategoriene. Sjå òg oppmodingsvedtak nr. 21, 18. oktober 2016 Verkemiddel for utvikling av fleire låg- og nullutsleppsløysingar for skip og nr. 57, 1. desember 2015, Tiltak for auka bruk av låg- og nullutsleppsteknologi i nærskipsfarten. Regjeringa ser oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Handlingsplan for utbygging av biogass i Noreg

Vedtak nr. 667, 3. mai 2018

«Stortinget ber regjeringen vurdere en handlingsplan for utbygging av biogass i Norge.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 41 (2016–2017) Klimastrategi for 2030 – norsk omstilling i europeisk samarbeid, jf. Innst. 253 S (2017–2018). Oppfølginga er omtalt i Prop. 1 S (2018–2019) for Klima- og miljødepartementet s 47.

Klima- og miljødepartementet har gitt Miljødirektoratet i oppdrag å greie ut aktuelle verkemiddel for utbygging av produksjon og infrastruktur og for auka etterspørsel etter biogass. Direktoratet vil utarbeide eit kunnskapsgrunnlag med analysar av tilbod og etterspørsel, og dessutan ei verkemiddelvurdering. Vidare vil rapporten drøfte biogassen si rolle i nullutsleppssamfunnet 2050, med 2030 som milepæl, særleg sett opp mot Granavoldens mål om 50 pst. reduksjon i utsleppa frå transportsektoren innan 2030. Kunnskapsgrunnlaget er venta ferdigstilt i løpet av 2019.

Regjeringa har vurdert behovet for ein handlingsplan for utbygging av biogass i Noreg og komme fram til at ein slik handlingsplan vil kunne bidra til å gjere biogassens rolle i lågutsleppssamfunnet meir føreseieleg. Regjeringa har derfor vedteke å utarbeide ein slik handlingsplan, med grunnlag i kunnskapsgrunnlaget frå Miljødirektoratet. Regjeringa ser oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Bransjenorm for biogass

Vedtak nr. 668, 3. mai 2018

«Stortinget ber regjeringen ta initiativ til et samarbeid med biogassbransjen om å etablere en bransjenorm for biogass for å dokumentere klimanytten av norsk biogass og til bruk for Miljødirektoratet i rapporteringen av biodrivstoff.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 41 (2016–2017) Klimastrategi for 2030 – norsk omstilling i europeisk samarbeid, jf. Innst. 253 S (2017–2018). Oppfølginga er omtalt i Prop. 1 S (2018–2019) for Klima- og miljødepartementet s. 52.

Klima- og miljødepartementet gav Miljødirektoratet i oppdrag å gå i dialog med bransjen om utvikling og oppfølging av ei bransjenorm, med formål om å tydeleggjere berekrafta i norsk biogass basert på ei transparent og akseptert berekning av reell klimanytte. Bransjen sette i gang eit prosjekt for å utarbeide og implementere ei norm. Ein første versjon av bransjenorma vart lansert den 13. juni 2019. Miljødirektoratet vil på sikt vurdere om denne norma kan nyttast i rapporteringa av biodrivstoff. Regjeringa ser oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Kutt i klimagassutslepp – sektorvise ambisjonar

Vedtak nr. 671, 3. mai 2018

«Stortinget ber regjeringen legge frem sektorvise ambisjoner for kutt i klimagassutslippene i ikke-kvotepliktig sektor.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 41 (2016–2017) Klimastrategi for 2030 – norsk omstilling i europeisk samarbeid, jf. Innst. 253 S (2017–2018).

Oppmodingsvedtaket er til behandling i Klima- og miljødepartementet. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte i løpet av 2020.

Implementere krav og reguleringar til utslepp frå cruiseskip og annan skipstrafikk i turistfjordar m.m.

Vedtak nr. 672, 3. mai 2018

«Stortinget ber regjeringen implementere krav og reguleringer til utslipp fra cruiseskip og annen skipstrafikk i turistfjorder samt andre egnede virkemidler for å sørge for innfasing av lav- og nullutslippsløsninger i skipsfarten fram mot 2030, herunder innføre krav om nullutslipp fra turistskip- og ferger i verdensarvfjordene så snart det er teknisk gjennomførbart, og senest innen 2026.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 41 (2016–2017) Klimastrategi for 2030 – norsk omstilling i europeisk samarbeid, representantforslag frå stortingsrepresentantane Audun Lysbakken, Lars Haltbrekken, Kari Elisabeth Kaski, Arne Nævra og Torgeir Knag Fylkesnes om å gjennomføre Stortingets mål i klimaforliket om å kutte norske klimagassutslepp fram mot 2020, jf. Dok. 8:16 S (2017–2018) og Innst. 253 S (2017–2018).

Regjeringa er i gang med å redusere utsleppa av klimagassar og lokal luftforureining frå skipstrafikk i norske fjordar. 1. mars 2019 innførte Sjøfartsdirektoratet som eit første steg strengare utsleppskrav til skip i verdsarvfjordane. Vidare greier no Sjøfartsdirektoratet ut ei utviding av krava i verdsarvfjordane til skip i andre norske fjordar samt at dei greier ut konsekvensane av vedtaket frå Stortinget om nullutslepp for turistskip- og ferjar i verdsarvfjordane seinast innan 2026. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Nasjonalt forbod mot sal av heliumballongar

Vedtak nr. 674, 3. mai 2018

«Stortinget ber regjeringen snarest mulig utrede et nasjonalt forbud mot salg av heliumballonger, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 41 (2016–2017) Klimastrategi for 2030 – norsk omstilling i europeisk samarbeid, representantforslag frå stortingsrepresentantane Audun Lysbakken, Lars Haltbrekken, Kari Elisabeth Kaski, Arne Nævra og Torgeir Knag Fylkesnes om å gjennomføre Stortingets mål i klimaforliket om å kutte norske klimagassutslepp fram mot 2020, jf. Dok. 8:16 S (2017–2018) og Innst. 253 S (2017–2018).

Miljødirektoratet har vurdert ulike verkemiddel for å redusere miljøkonsekvensane av eingongsartiklar av plast, og Klima- og miljødepartementet har sett ned ei arbeidsgruppe med deltaking frå næringslivet, arbeidstakar- og miljøorganisasjonar for å komme med forslag til tiltak for å redusere miljøkonsekvensar av unødvendige eingongsartiklar av plast. Når departementet får tilrådinga frå arbeidsgruppa, vil departementet vurdere vidare behov for utgreiing av eit nasjonalt forbod mot sal av heliumballongar. Stortinget vil bli orientert på eigna måte.

Biogass i drivstoffhierarkiet

Vedtak nr. 758, 24. mai 2018

«Stortinget ber regjeringen klargjøre drivstoffhierarkiet slik at biogassbilers klimanytte fremstilles på riktig måte. Stortinget ber regjeringen på egnet måte komme tilbake til Stortinget med denne klargjøringen.»

Vedtaket vart gjort ved behandling av Dokument 8:153 S (2017–2018), jf. Innst. 287 S (2017–2018). Oppfølginga er omtalt i Prop. 1 S (2018–2019) for Klima- og miljødepartementet s. 53.

Klima- og miljødepartementet ga i tildelingsbrev 2019 Miljødirektoratet i oppdrag å gjennomgå drivstoffhierarkiet og klargjera dette. I notat av 26. august 2019 gjer Miljødirektoratet greie for bakgrunnen for drivstoffhierarkiet og vidareutviklinga av drivstoffhierarkiet til drivstoffmatrisa med eit høgare detaljnivå. Miljødirektoratet gjer vidare greie for plasseringa av dei ulike teknologiane i drivstoffmatrisa, basert på innkjøps- og miljøfaglige vurderingar. Den generelle tilrådinga er å redusere transport, og dermed drivstoffbehovet. Deretter tilrår Miljødirektoratet å prioritere elektrifisering av transportsektoren. Biogass bør prioriterast over flytande biodrivstoff. Fossilt drivstoff bør unngåast.

Utvikling av matrisen er eit pågåande samarbeid mellom Difi og Miljødirektoratet. I det vidare utviklingsarbeidet er det ein ambisjon om i større grad å ta omsyn til konkurranseforholda mellom dei ulike teknologialternativa. Regjeringa ser oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Dekningsplikta når gardbrukarar blir pålagt undersøkingar

Vedtak nr. 764, 28. mai 2018

«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med stortingsmeldingen om kulturminnefeltet foreta en gjennomgang av dekningsplikten når gårdbrukere blir pålagt undersøkelser etter kulturminneloven §§ 9 og 10, og vurdere å innlemme «utvidelser og nybygg av driftsbygninger på alminnelige gårdsbruk» i bestemmelsen for «mindre, private tiltak».»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er representantforslag frå stortingsrepresentantane Steinar Reiten og Olaug V. Bollestad om gjennomgang av grenseoppgangen mellom «mindre» og «større» tiltak i kulturminnelova §§ 9 og 10 (Innst. 306 S (2017–2018)). I dette forslaget blei det fremja følgjande:

«Stortinget ber regjeringen foreta en gjennomgang av dekningsplikten når gårdbrukere blir pålagt undersøkelser etter kulturminneloven §§ 9 og 10, og sørge for at utvidelser og nybygg av driftsbygninger på alminnelige gårdsbruk faller inn under bestemmelser for ‘mindre, private tiltak’. Gjennomgangen legges frem for Stortinget på egnet måte.»

Regjeringa vil komme tilbake i samband med ny stortingsmelding om kulturminnepolitikken, med ein gjennomgang av dekningsplikta i kulturminnelova i samband med arkeologiske undersøkingar. Det vil i stortingsmeldinga òg bli vurdert å innlemme «utvidelser og nybygg av driftsbygninger på alminnelige gårdsbruk».

Oppmjuking i forskriftene til lov om motorferdsel i utmark

Vedtak nr. 815, 1. juni 2018

«Stortinget ber regjeringen foreta oppmykninger i forskriftene til lov om motorferdsel i utmark som gjør det mulig for kommunene å gi dispensasjoner for bruk av elmotor med begrenset effekt på vann under 2 kvadratkilometer. Dispensasjon bør bare kunne gis etter at kommunene har vurdert om det er forsvarlig ut fra hensynet til vannet som levested for viltarter og fugler, herunder særskilt legge vekt på hensynet til hekkeområder.»

Vedtaket vart gjort ved behandling av Dok 8:77 S (2017–2018), jf. Innst. 325 S (2017–2018). Det er teke sikte på at endringar i regelverket blir sende på høyring innan utgangen av 2018.

Vedtaket krev ei endring av motorferdsellova. Høyringsnotat er utarbeidd, men høyringa er noko forseinka. Dette skuldast at saka er slått saman med andre endringar i same lovverk. Høyringa er venta sett i gang i løpet av hausten (2019). Stortingssesjon (2016–2017)

Stortingssesjon 2016–2017

Omsetningskrav for bruk av berekraftig drivstoff i skipsfart

Vedtak nr. 19, 18. oktober 2016

«Stortinget ber regjeringen foreslå et omsetningskrav for bruk av bærekraftig biodrivstoff i drivstoffet for skipsfarten.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er representantforslag frå stortingsrepresentantane Pål Farstad, Abid Q. Raja, Iselin Nybø, Terje Breivik og Sveinung Rotevatn, jf. Dok. 8:71 S (2015–16) og Innst. 22 S (2015–2016) frå energi- og miljøkomiteen.

Miljødirektoratet og Sjøfartsdirektoratet har på oppdrag frå Klima- og miljødepartementet utarbeida et teknisk kunnskapsgrunnlag for å greie ut høve til og konsekvensar av innføring av eit omsetningskrav for berekraftig biodrivstoff i skipsfart. Det er behov for å sjå biodrivstoff i skipsfart i samanheng med behov for biodrivstoff i andre sektorar som vegtrafikk og luftfart. Regjeringa vil derfor i etterkant av Klimakur 2030 vurdere å be direktorata utarbeide eit høyringsnotat og utkast til forskrift om omsetningskrav for biodrivstoff i skipsfart. Regjeringa vil på eigna måte komme tilbake til Stortinget.

Verkemiddel for utvikling av fleire låg- og nullutsleppsløysingar for skip

Vedtak nr. 21, 18. oktober 2016

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget på egnet måte med virkemidler som kan stimulere til å øke ordremengden og bidra til utvikling av flere lav- og nullutslippsløsninger for skip, og om hvordan dette vil bidra til å nå målsettingen for 2030 om å redusere klimagassutslippene med minst 40 pst.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er representantforslag frå stortingsrepresentantane Pål Farstad, Abid Q. Raja, Iselin Nybø, Terje Breivik og Sveinung Rotevatn, jf. Dok. 8:71 S (2015–16) og Innst. 22 S (2015–2016).

Oppfølginga er tidlegare omtalt i Prop. 1 S (2017–2018) for Klima- og miljødepartementet. Oppfølginga av vedtaket må vidare sjåast i samanheng med oppfølginga av oppmodingsvedtak nr. 57, 1. desember 2015, og oppmodingsvedtak nr. 664, 3. mai 2018.

Ulike støtteordningar og bruk av miljøkrav i offentlege anskaffingar har medverka til auka ordremengd og utvikling av fleire låg- og nullutsleppsløysingar i ferjesektoren. Regjeringa har sett ein ambisjon om å halvere utsleppa frå innanriks sjøfart og fiske innan 2030 og la våren 2019 fram ein eigen handlingsplan for grøn skipsfart med tiltak for å stimulere til null- og lågutsleppsløysingar innanfor dei ulike fartøykategoriane.

Regjeringa si oppfølging av vedtaket er vidare omtalt i KLDs Prop. 1 S (2019–2020) del II, programkategori 12.20, side 164-165. Regjeringa ser oppmodingsvedtaket som følgt opp.

CO2-nøytralt syntetisk drivstoff

Vedtak nr. 108, punkt 7, 5. desember 2016

«Stortinget ber regjeringen utrede klimapotensialet ved CO2-nøytralt syntetisk drivstoff og vurdere om det er hensiktsmessig med endringer som kan være nødvendig for å sikre teknologinøytral markeds- og virkemiddelbehandling for CO2-nøytralt syntetisk drivstoff og andre klimavennlige alternativer.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 1 (2016–2017), Prop. 1 S (2016–2017) og Prop. 1 S Tillegg 1–5 (2016–2017) og Innst. 2 S (2015–2016) om nasjonalbudsjettet 2016 og forslaget til statsbudsjett for 2016.

Klima- og miljødepartementet bad Miljødirektoratet om å utgreie klimapotensialet ved CO2-nøytralt syntetisk drivstoff og vurdere om det er føremålstenleg med endringar som kan vere naudsynte for å sikre teknologinøytral marknads- og verkemiddelhandtering for CO2-nøytralt syntetisk drivstoff og andre klimavennlege alternativ.

For å vurdere klimapotensialet ved CO2-nøytralt drivstoff er vurderinga at det er føremålstenleg å ta omsyn til den vidare regelverksutforminga i EU på dette området då det ikkje ligg føre endelege føringar på korleis klimapotensialet skal reknast ut.

Regjeringa vurderer det som lite føremålstenleg på noverande tidspunkt å gjere endringar i dei eksisterande verkemidla. Dette som følge av at syntetisk drivstoff per i dag ikkje er kommersielt tilgjengeleg og i ein tidleg fase der andre delar av verkemiddelapparatet, som Enova og innovasjon Noreg, er vurderte som meir eigna. Politikkutforming vil òg bli påverka av kor vidt det reviderte fornybardirektivet (2018/2001) blir vurdert som EØS-relevant. Vurdering av dette ligg hos Olje- og energidepartementet. Regjeringa ser oppmodingsvedtaket som følgt opp.

E10 som ny bransjestandard for bensin

Vedtak nr. 108, punkt 8, 5. desember 2016

«Stortinget ber regjeringen i løpet av 2018 innføre E10 som en bransjestandard for bensin. Regjeringen bes komme tilbake i statsbudsjettet for 2018 med en konkret plan for arbeidet.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 1 (2016–2017), Prop. 1 S (2016–2017) og Prop. 1 S Tillegg 1–5 (2016–2017) og Innst. 2 S (2015–2016) om nasjonalbudsjettet 2016 og forslaget til statsbudsjett for 2016.

Regjeringa presenterte ein konkret plan for korleis den ser for seg å innføre E10 som ny bransjestandard for bensin i Prop. 1 S (2017–2018) s. 145–146. Energi- og miljøkomiteen har i Innst. 9 S (2017–2018) ikkje kommentert dette. Vidare oppfølging er til vurdering i regjeringa.

Ordning for å sikre at importerte bilar er omfatta av dei lovpålagte returordningane

Vedtak nr. 309, 17. desember 2016

«Stortinget ber regjeringen utrede en ordning for å sikre at alle som importerer biler til landet, omfattes av de lovpålagte returordningene og bidrar til finansieringen av disse.»

Dokumenta som ligg til grunn er Prop. 1 LS (2016–2017) og Prop. 1 S (2016–2017) og Innst. 3 S (2016–2017) om skatter, avgifter og toll 2017.

Miljødirektoratet har fått i oppdrag å vurdere kva som er føremålstenlege tiltak for å sikre at alle køyretøy som blir importerte til landet blir omfatta av forskrifta om produsentansvar. Oppdraget er levert september 2019. Regjeringa ser oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Gratis levering av marint avfall

Vedtak nr. 529, 28. mars 2017

«Stortinget ber regjeringen særskilt belyse hvordan gratis levering av marint avfall bør organiseres, og komme tilbake til dette på egnet måte.»

Stortinget fatta vedtaket ved behandling av innstilling frå energi- og miljøkomiteen Innst. 213 S (2016–2017), jf. Dok. 8:31 S (2016–2017), innstillinga si tilråding romartal I.

Miljødirektoratet har utgreidd ei ordning for å gjere det gratis å levere eigarlaust, marint avfall i hamn for fiskarar og andre, basert på erfaringane frå prosjektet «Fishing for litter». Departementet vurderer no Miljødirektoratet sine forslag. I dette arbeidet må det ses hen til EUs reviderte skipsavfallsdirektiv. Stortinget vil bli orientert på eigna måte.

Endring av forureiningslova, gebyr for forsøpling

Vedtak nr. 530, 28. mars 2017

«Stortinget ber regjeringen fremme en sak om endring av forurensningsloven, slik at kommunene får hjemmel til å ilegge overtredelsesgebyrer i forsøplingssaker.»

Stortinget fatta vedtaket ved behandling av Dok. 8:31 S (2016–2017), jf. Innst. 213 S (2016–2017), innstillinga si tilråding romartal III.

Stortinget vedtok 11. juni 2019 endringar i forureiningslova om blant anna innføring av gebyr for brot på lova. Regjeringa ser oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Fagleg gjennomgang av den norske delbestanden av ulv

Vedtak nr. 591, 25. april 2017

«Stortinget ber regjeringen foreta en faglig gjennomgang av den norske delbestanden av ulv.»

Stortinget fatta vedtaket ved behandling av Prop. 63 L (2016–2017), jf. Innst. 257 S (2016–2017), jf. Endringer i naturmangfoldloven (felling av ulv m.m.), jf. innstillinga romartal III.

Den faglege gjennomgangen er delt i to fasar. Del ein er ei gjennomgang av tidlegare utgreiingar og ulike omgrep i omtale av ulvebestanden, og Miljødirektoratet vil levere på denne delen i desember 2019. Del to, som vil vere ein ny fagleg gjennomgang, vil bli levert sommaren 2020. Stortinget vil bli orientert på eigna måte.

Plan for vedlikehaldsetterslepet på kulturminne

Vedtak nr. 722, 30. mai 2017

«Stortinget ber regjeringen utrede og legge frem en plan for Stortinget for hvordan vedlikeholdsetterslepet på kulturminner i Norge kan tas igjen.»

Vedtaket vart gjort ved behandling av Meld. St. 19 (2016–2017), Innst. 324 S (2016–2017), Opplev Norge – unikt og eventyrlig.

Plan for å løyse vedlikehaldsetterslepet på kulturminne blir presentert i ei eiga melding til Stortinget. Regjeringa tek sikte på å leggje fram meldinga våren 2020. Forslag til nye nasjonale mål blir lagt fram som ein del av meldinga.

Bransjeavtale eller liknande, om at alt sal av biodrivstoff skal vere palmeoljefritt

Vedtak nr. 750, 2. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen undersøke om de nylige løfter fra bensinbransjen og positive uttalelser fra de største bensinstasjonskjedene kan videreutvikles til en bransjeavtale eller liknende, om at alt salg av biodrivstoff skal være palmeoljefritt og ha høyere klimaeffekt enn EUs minstekrav.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er representantforslag frå stortingsrepresentantane Heikki Holmås, Karin Andersen og Torgeir Knag Fylkesnes, jf. Dok. 8:69 S (2016–2017) og Innst. 133 S (2016–2017).

Regjeringa står fast ved at det er undersøkt om løfter frå bensinbransjen og positive uttaler frå dei største bensinstasjonskjedene kan utviklast vidare til ei bransjeavtale eller liknande, om at alt sal av biodrivstoff skal vere palmeoljefritt og ha høgare klimaeffekt enn EUs minstekrav. I Klima- og miljødepartementets Prop. 1 S (2018–2019) gjorde regjeringa greie for at det på grunn av våre internasjonale forpliktingar ikkje er rom for at norske myndigheiter tek initiativ til ei slik bransjeavtale. Det blei vidare vist til at oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom møte med bransjen. Sjå del II programkategori 12.20 for meir detaljert omtale. Regjeringa ser oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Verkemiddel for å fremje bruk av avansert berekraftig biodrivstoff

Vedtak nr. 751, 2. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen vurdere handlingsrommet for ulike virkemidler, herunder avgifter og regelverk, for å fremme bruk av avansert bærekraftig biodrivstoff, og komme tilbake til Stortinget i egnet form.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er representantforslag frå stortingsrepresentantane Heikki Holmås, Karin Andersen og Torgeir Knag Fylkesnes, jf. Dok. 8:69 S (2016–2017) og Innst. 133 S (2016–2017).

Regjeringa står fast ved at den har vurdert handlingsrommet for ulike verkemiddel, under dette avgifter og regelverk, for å fremje bruk av avansert berekraftig biodrivstoff. I Klima- og miljødepartementets Prop. 1 S (2018–2019) kom regjeringa tilbake til Stortinget med informasjon om arbeidet for å kartlegge tilgangen på avansert biodrivstoff, med siktemål om å auke delkravet til slikt biodrivstoff i framtida. Det vart òg vist til regjeringas vidare arbeid med spørsmålet om å innføre vegbruksavgift på biodrivstoff utanfor omsetningskravet fram mot 2020-budsjettet, samt en beskriving av prosessen knytt til å innføre eit omsetningskrav i luftfart. Sjå del II programkategori 12.20, for meir detaljert omtale. Regjeringa ser oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Forbod mot palmeolje i offentleg kjøp

Vedtak nr. 753, 2. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen gjennom forskrift til lov om offentlige anskaffelser stille krav om at det ikke skal benyttes biodrivstoff basert på palmeolje eller biprodukter av palmeolje. Forskriftsendringen skal tre i kraft så snart som mulig.»

Stortinget fatta vedtaket i samband med behandling av Dok. 8:69 S (2016–2017) om å sikre at det ikkje blir selt palmeoljebasert biodrivstoff i Noreg, jf. Innst. 331 S (2016–2017) frå energi- og miljøkomiteen, og laust forslag nr. 5 fremja frå salen.

I Prop. 1 S (2018–2019) gjorde regjeringa greie for dei juridiske vanskane knytt til innføring av eit forbod. Regjeringa gjorde òg greie for at den hadde bedt Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) om å utarbeide faglege råd og rettleiing til offentlege oppdragsgivarar, i tråd med Difis ståande rettleiingsoppdrag på området grøne anskaffingar. Dette arbeidet er no ferdigstilt.

Regjeringa står ved si vurdering av at det ville ha vore problematisk å innføre eit forbod mot palmeolje og det er tvil om eit forbod i tråd med oppmodingsvedtaket vil vere lovleg etter EØS-avtala og WTO-avtalene. Sjå del II programkategori 12.20, for meir detaljert omtale. Basert på dette, vil regjeringa foreslå følgjande opphevingsvedtak:

Vedtak nr. 753, 2. juni 2017 blir oppheva.

Leggje fram heilskapleg nasjonal plan for marine verneområde

Vedtak nr. 907, 14. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen om å følge opp arbeidet med en helhetlig nasjonal plan for marine verneområder og prioritere områdene som er definert som særlig verdifulle og sårbare (SVO) i dette arbeidet. Stortinget ber regjeringen legge fram en egen sak om dette senest i 2020.»

Stortinget fatta vedtaket ved behandling av Meld. St. 35 (2016–2017), jf. Innst. 455 S (2016–2017), om oppdatering av forvaltningsplanen for Norskehavet, innstillinga si tilråding romartal I.

Klima- og miljødepartementet har sett i gang arbeidet med å utarbeide ein plan for det vidare arbeidet med marint vern. Sjå òg omtale av oppfølging av Stortingets vedtak nr. 668, 23. mai 2016. Regjeringa tar sikte på å komme tilbake til Stortinget på eigna måte i 2020.

Leggje fram fagleg oppdatert avgrensing av heile iskantsona inkludert «Vesterisen»

Vedtak nr. 909, 14. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med revideringen av forvaltningsplanen for Barentshavet og havområdene utenfor Lofoten legge frem en faglig oppdatert avgrensing av hele iskantsonen inkludert «Vesterisen», basert på best tilgjengelig vitenskapelig kunnskap. I påvente av dette videreføres definisjonen av dette området og rammene for aktivitet som ble fastsatt i den i dag gjeldende forvaltningsplan for Norskehavet (St.meld. nr. 37 (2008–2009)).»

Stortinget fatta vedtaket ved behandling av Meld. St. 35 (2016–2017), jf. Innst. 455 S (2016–2017), om oppdatering av forvaltningsplanen for Norskehavet, innstillinga si tilråding romartal IV.

Neste oppdatering av iskanten som eit særskilt verdifullt og sårbart område vil skje i samband med revideringa av forvaltingsplanen for Barentshavet – Lofoten i 2020, med bakgrunn i oppdatert fagleg grunnlag frå Fagleg forum. Oppmodingsvedtaket vil bli følgt opp ved at arbeidet omfattar heile iskantsona inkludert Vesterisen.

Eventuell ny definisjon av iskanten i revidering av forvaltningsplan for Barentshavet-Lofoten

Vedtak nr. 910, 14. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen legge til grunn at en eventuell ny definisjon av iskanten skal skje med utgangspunkt i en helhetlig revidering av forvaltningsplanen for Barentshavet og havområdene utenfor Lofoten.»

Stortinget fatta vedtaket ved behandling av Meld. St. 35 (2016–2017), jf. Innst. 455 S (2016–2017), om oppdatering av forvaltningsplanen for Norskehavet, innstillinga si tilråding romartal V.

Neste oppdatering av iskanten som eit særskilt verdifullt og sårbart område vil skje i samband med revideringa av forvaltingsplanen for Barentshavet – Lofoten i 2020, med bakgrunn i oppdatert fagleg grunnlag frå Fagleg forum.

Forslag til tiltak og verkemiddel for overvassproblematikk

Vedtak nr. 914, 14. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen gjennomgå anbefalingene fra overvannsutvalget (NOU 2015: 6), og komme tilbake til Stortinget på egnet måte med forslag til tiltak og virkemidler for overvannsproblematikk, inkludert en vurdering av en egen sektorlov for vann- og avløp.»

Stortinget fatta vedtaket ved behandling av Dok. 8:78 S (2016–2017), jf. Innst. 436 S (2016–2017), jf. innstillinga si tilråding romartal I.

Overvassutvalet foreslo ein pakke av verkemiddel som må sjåast i samanheng og som til saman vil medverke til å oppnå måla om å førebyggje skade på busetnad, infrastruktur, helse og miljø. Regjeringa arbeider med å gjennomgå tilrådningane frå utvalet, og lovendringane utgreiast. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Tilrettelegging for mottak av husdyrgjødsel

Vedtak nr. 961, 16. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen om at det ved bygging av industrielle anlegg for produksjon av biogass basert på matavfall også legges til rette for mottak av husdyrgjødsel.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Prop. 141 S (2016–2017) og Innst. 445 S (2016–2017) om endringer i statsbudsjettet 2017 under Landbruks- og matdepartementet (Jordbruksoppgjøret 2017 m.m.). Oppfølginga er omtalt i Prop. 1 S (2017–2018) for Klima- og miljødepartementet, s. 151 og Meld. St. 7 (2017–2018).

Enova gir økonomisk støtte til investeringar i produksjonsanlegg for biogass. Ved vurdering av økonomisk støtte til verksemder som vil etablere nye produksjonsanlegg for biogass eller utvide eksisterande anlegg, blir det alltid utført omfattande analysar. Ei vurdering av ulike substrat dei industrielle anlegga skal leggje til rette for å ta imot, inngår i desse analysane.

Regjeringa viser til at det allereie i dag blir lagt til rette for mottak av husdyrgjødsel ved bygging av industrielle anlegg for produksjon av biogass basert på matavfall, der dette er føremålstenleg. Sjå del II programkategori 12.20, for meir detaljert omtale. Regjeringa ser oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Fossilfrie anleggsprosjekt

Vedtak nr. 1105, 21. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen utrede hvordan fossilfrie anleggsprosjekter eventuelt kan gjennomføres og hva konsekvensen av dette vil være.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 2 (2016–2017), og Innst. 401 S (2016–2017) om revidert nasjonalbudsjett 2017.

Klima- og miljødepartementet har i 2019 sendt på høring forslag om endring av forskrift om forbod mot bruk av mineralolje til oppvarming av bygningar. Forbodet blir foreslått utvida slik at òg bruk av mineralolje til byggvarme, dvs. mellombels oppvarming og tørking av bygningar under oppføring og rehabilitering, blir omfatta av forbodet.

Vidare oppfølging av vedtak 1105 av 21. juni 2017 må sjåast i samanheng med arbeidet knytt til oppmodingsvedtak nr. 108, punkt 16 (2016–2017), om å utarbeide ein handlingsplan for fossilfrie byggjeplassar/anleggsplassar innan transportsektoren. Regjeringa arbeider med ein handlingsplan, og vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte når arbeidet er ferdig. Sjå del II programkategori 12.20, for meir detaljert omtale.

Stortingssesjon (2015–2016)

Tiltak for auka bruk av låg- og nullutsleppsteknologi i nærskipsfarten

Vedtak nr. 57, 1. desember 2015

«Stortinget ber regjeringen legge fram forslag til tiltak for økt bruk av lav- og nullutslippsteknologi i nærskipsfarten, og komme tilbake til Stortinget med dette.»

Stortinget fatta vedtaket ved behandling av Dok. 8:126 S (2014–2015), jf. Innst. 78 S (2015–2016), innstillinga si tilråding romartal VI.

Oppfølginga er tidlegare omtalt i Prop. 1 S (2018–2019) for Klima- og miljødepartementet. Oppfølginga av vedtaket må vidare sjåast i samanheng med oppfølginga av oppmodingsvedtak nr. 21, 18. oktober 2016, og oppmodingsvedtak nr. 664, 3. mai 2018. For å stimulere til auka bruk av låg- og nullutsleppsløysingar i skipsfartens bygging av nye, grøne skip har regjeringa etablert støtteordningar for utvikling av låg- og nullutsleppsløysingar i innanriks skipsfart og kondemnering av gamle, forureinande skip.

Regjeringa har sett ein ambisjon om å halvere utsleppa frå innanriks sjøfart og fiske innan 2030 og la våren 2019 fram ein eigen handlingsplan for grøn skipsfart med tiltak for å stimulere til null- og lågutsleppsløysingar innanfor dei ulike fartøykategoriane.

For å leggje til rette for auka bruk av låg- og nullutsleppsteknologi i nærskipsfarten vil regjeringa ta initiativ til ein dialog med relevante næringsaktørar for å drøfte ei mogleg intensjonsavtale om miljøvennleg flåtefornying for lasteskip. Som eit ledd i dette arbeidet vil regjeringa gjennomføre ei vurdering av handlingsrommet for miljøvennleg flåtefornying innanfor dei eksisterande verkemidla i GIEK, Eksportkreditt Noreg og Innovasjon Noreg.

Regjeringa foreslår i budsjettet for 2020 å styrke arbeidet med grøn flåtefornying av lasteskip.

Lasteskip er eit segment som er avhengig av samarbeid mellom mange ulike aktørar. Reiarlag, vareeigarar og offentlege aktørar må samarbeide for å auke etterspørselen etter grøne transportløysingar. Regjeringa vil invitere næringa til eit samarbeid om å utvikle desse løysingane. Regjeringa ser oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Leggje fram plan for marine verneområde

Vedtak nr. 668, 23. mai 2016

«Stortinget ber regjeringen utarbeide en plan for marine verneområder og komme tilbake til Stortinget med en sak om dette.»

Stortinget fatta vedtaket ved behandling av Meld. St. 14 (2015–2016 , jf. Innst. 294 S (2015–2016) om Natur for livet – Norsk handlingsplan for naturmangfald, jf. innstillinga romartal II.

Regjeringas oppfølging av Stortingets vedtak er omtalt i Meld. St. 35 (2016–2017) Oppdatering av forvaltingsplanen for Norskehavet, side 82:

«Det er sett i gang arbeid med ein plan for det vidare arbeidet med marine verneområde. Det vil som del av planen for det vidare arbeidet med marine verneområde bli gjennomført ei evaluering av status for arbeidet med vern og beskyttelse av marine område, og identifisering av vidare behov for vern og beskyttelse med bakgrunn i nasjonale og internasjonale mål. Dette vil inngå i grunnlaget for det vidare arbeidet med marint vern i territorialfarvatnet og bevaring av marine område utanfor territorialgrensen. Det vil i forvaltninga av havområda fortløpande bli vurdert på grunnlag av tilgjengeleg kunnskap om det er behov for nye tiltak for å bevare marine naturverdiar.»

Regjeringa tek sikte på å komme tilbake til Stortinget på eigna måte i 2020.

Klargjering av kva som er god tilstand og kva areal som er å rekne som forringa økosystem

Vedtak nr. 669, 23. mai 2016

«Stortinget ber regjeringen klargjøre hva som er god tilstand og hvilke arealer som er å regne som forringede økosystemer, og trappe opp arbeidet med å bedre tilstanden i økosystemene, med sikte på at 15 pst. av de forringede økosystemene skal være restaurert innen 2025.»

Stortinget fatta vedtaket ved behandling av Meld. St. 14 (2015–2016), jf. Innst. 294 S (2015–2016), om Natur for livet – Norsk handlingsplan for naturmangfald, innstillingas romartal III.

Klima- og miljødepartementet oppretta i 2016 Ekspertrådet for økologisk tilstand. Rådets tilrådingar kom i 2017, og ulike fagmiljø har gjennomført naudsynt vidareutvikling og utprøving av fagsystemet. Det skal etter planen vere klart til bruk frå og med 2020. Tilstand i økosystema kan då vurderast, og også kva som er sett på som forringa økosystem, og omfanget av dette. Klima- og miljødepartementet vil på dette grunnlaget prioritere aktuelle restaureringstiltak med sikte at 15 pst. av dei forringa økosystema er restaurerte innan 2025. Stortinget vil bli orientert på eigna måte.

Kvalitetsnormer for økosystem som del av utviklinga av nye forvaltningsmål

Vedtak nr. 670, 23. mai 2016

«Stortinget ber regjeringen vurdere kvalitetsnormer for økosystemer som en del av utviklingen av nye forvaltningsmål.»

Stortinget fatta vedtaket ved behandling av Meld. St. 14 (2015–2016), jf. Innst. 294 S (2015–2016), om Natur for livet – Norsk handlingsplan for naturmangfald, jf. innstillingas romartal IV.

Forvaltingsmåla vil vere baserte på vurdering av tilstanden i økosystema, forvaltningsvise vurderingar og avvegingar og samfunnsøkonomiske vurderingar. Klima- og miljødepartementet vurderer også ulike konsept for heilskaplege forvaltningsplaner som ein del av dette arbeidet. Samtidig blir det vurdert om, og eventuelt på kva måte, forvaltingsmåla bør fastsetjast som kvalitetsnormer etter naturmangfaldlova §13. Stortinget vil bli orientert på eigna måte.

Handlingsplan for å betre situasjonen for sjøfuglar

Vedtak nr. 674, 23. mai 2016

«Stortinget ber regjeringen utarbeide en handlingsplan for å bedre situasjonen for sjøfugler. I handlingsplanen må det gjøres en vurdering av hvilke øvrige sjøfugler som bør få status som prioritert art.»

Vedtaket vart fatta ved Stortinget si behandling av Meld. St. 14 (2015–2016) Natur for livet – Norsk handlingsplan for naturmangfald, jf. Innst. 294 S (2015–2016), innstillinga romartal IX.

Ei direktoratsgruppe leia av Miljødirektoratet har fått i oppdrag å utarbeide eit utkast til handlingsplan for sjøfugl. Gruppa skal utarbeide ein samla prioritert tiltaksplan for å betre situasjonen for sjøfugl. Den endelege handlingsplanen skal etter planen leggjast fram i løpet av 2020. Stortinget vil bli orientert på eigna måte.

Kvalitetsnorm for villrein

Vedtak nr. 677, 23. mai 2016

«Stortinget ber regjeringen utarbeide en kvalitetsnorm for villrein, og vurdere kvalitetsnorm for flere utvalgte arter.»

Vedtaket vart fatta ved Stortinget si behandling av Meld. St. 14 (2015–2016) Natur for livet – Norsk handlingsplan for naturmangfald, jf. Innst. 294 S (2015–2016), jf. innstillinga romartal XIII.

Miljødirektoratet har levert eit faggrunnlag og forslag til miljøkvalitetsnorm for villrein som etter planen skal sendast på høyring hausten 2019. Klima- og miljødepartementet tek sikte på å ha ein miljøkvalitetsnorm på plass i løpet av 2020.

Miljødirektoratet har levert ei fagleg vurdering av høvet til å kunne utvikle miljøkvalitetsnormer for fleire haustbare småviltarter – lirype, fjellrype, hare, bever og skogshøns. Klima- og miljødepartementet vurderer om det bør utviklast miljøkvalitetsnormer for nokre av desse artene. Stortinget vil bli orientert på eigna måte.

Framandartslista og raudliste for arter og naturtypar

Vedtak nr. 679, 23. mai 2016

«Stortinget ber regjeringen sørge for at svartelisten over fremmede skadelige organismer og rødlistene over truede arter og naturtyper oppdateres fortløpende slik at alle artsgrupper og naturtyper gjennomgås hvert femte år.»

Vedtaket vart fatta ved Stortinget si behandling av Meld. St. 14 (2015–2016) Natur for livet – Norsk handlingsplan for naturmangfald, jf. Innst. 294 S (2015–2016,) jf. innstillinga romartal XV.

Stortinget har fatta vedtak om at dei tre listene Norsk raudliste for arter, Norsk raudliste for naturtypar og Framandartslista skal bli gjennomgått kvart femte år. Regjeringa meiner det er meir føremålstenleg med ein revisjon av listene kvart sjette år, det vil seie to år mellom lansering av kvar nye liste. Dette vil samtidig flate ut arbeidsbelastninga i Artsdatabanken, som utarbeider dei tre listene. Regjeringa ser oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Forbod mot mikroplast i kroppspleieprodukt

Vedtak nr. 681, 23. mai 2016

«Stortinget ber regjeringen om fremme forslag med sikte på å forby mikroplast i kroppspleieprodukter.»

Stortinget fatta vedtaket ved behandling av Dok. 8:44 S (2015–2016), jf. Innst. 282 S (2015–2016), innstilling si tilråding romartal I.

EU sitt kjemikaliebyrå (ECHA) har utarbeidd eit forslag til restriksjon mot mikroplast i blant anna kroppspleieprodukt. Forslaget har vore på høyring og Miljødirektoratet har sendt ei uttale til ECHA. Norske miljømyndigheiter vil aktivt følgje arbeidet etter høyring. Stortinget vil bli orientert på eigna måte.

Lik jakttid i og utanfor ulvesona

Vedtak nr. 772, 6. juni 2016

«Stortinget ber regjeringen vurdere å tillate lik jakttid i og utenfor ulvesonen.»

Stortinget fatta vedtaket ved behandling av Meld. St. 21 (2015–2016), jf. Innst. 330 S (2015–2016), jf. Ulv i norsk natur, innstillinga romartal V.

Regjeringa vedtok i mars 2019 å endre lisensfellingsperioden for lisensfelling av ulv utanfor ulvesona frå perioden 1. oktober til 31. mars til perioden 1. desember til 31. mai. Lisensfellingsperioden for ulv innanfor ulvesona er uendra, og gjeld frå 1. januar til 15. februar. Regjeringa ser oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Parisavtala – Noregs endelege nasjonalt fastsette bidrag for perioden 2021–2030

Vedtak nr. 895, 14. juni 2016

«Stortinget ber regjeringen legge frem en sak til Stortinget om Norges endelige nasjonalt fastsatte bidrag for perioden 2021–2030 så raskt som mulig etter at forhandlingene med EU om felles oppfyllelse er avsluttet, og i god tid før fristen for innmelding av slike bidrag i 2020.»

Stortinget fatta vedtaket ved behandling av Prop. 115 S (2015–2016), jf. Innst. 407 S (2015–2016) om samtykke til ratifikasjon av Parisavtala.

Regjeringa varsla Prop. 1 S (2016–2017) side 55, at ein vil vurdere Noregs endelege nasjonalt fastsette bidrag for perioden 2021–2030, og komme tilbake Stortinget om dette så raskt som mogleg og i god tid før fristen for innmelding av slike bidrag i 2020.

Regjeringa omtalte i RNB 2019 regjeringas endelege nasjonalt fastsette bidrag for perioden 2020–2030. Regjeringa vil at Noreg skal forsterke sitt klimamål under Parisavtala. Noregs forsterka mål for 2030 skal gjennomførast i samarbeid med EU. Regjeringa vil arbeide for at EUs samla ambisjonsnivå aukar til 55 pst. kutt i 2030 samanlikna med 1990, og melde inn eit forsterka norsk klimamål i tråd med EUs ambisjonar. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget med forslag til Noregs endeleg fastsette bidrag under Parisavtala dersom EU ikkje hevar sitt mål. Regjeringa ser oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Noreg skal vere klimanøytralt frå og med 2030

Vedtak nr. 897, 14. juni 2016

«Stortinget ber regjeringen legge til grunn at Norge skal sørge for klimareduksjoner tilsvarende norske utslipp fra og med 1. januar 2030, og at klimanøytralitet kan oppnås gjennom EUs kvotemarked, internasjonalt samarbeid om utslippsreduksjoner, kvotehandel og prosjektbasert samarbeid.»

Stortinget fatta vedtaket ved behandling av Prop. 115 S (2015–2016), jf. Innst. 407 S (2015–2016), om samtykke til ratifikasjon av Parisavtala.

I Meld. St. 41 (2016–2017) er det vist til at Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget med ei omtale om oppfølginga av klimanøytralitetsmålet på eit eigna tidspunkt etter at regelverket rundt EUs innsatsfordelingsforordning er klart. Innsatsfordelinga vart vedteken i EU i mai 2018, men regelverket sine konsekvensar for Noreg avheng av eit utkast til avtale om felles oppfylling som framleis er til vurdering i EU. Regjeringa vil, i lys av rammene for denne avtala, komme tilbake til Stortinget med ei heilskapleg omtale om oppfølging av klimanøytralitetsmålet. Internasjonale marknadsmekanismar vil vere viktige for å oppfylle klimanøytralitetsmålet. Høve til kvotekjøp under Kyotoprotokollen blir truleg avslutta i 2020, som er det siste året i den andre skyldnadsperioden. I Parisavtala er det lagt opp til vidare marknadsbasert samarbeid, blant anna gjennom ein ny FN-styrt marknadsmekanisme som kan erstatte dei prosjektbaserte mekanismane under Kyotoprotokollen. Noreg arbeider aktivt for å få på plass ein slik ny mekanisme. Noreg støttar blant anna Verdsbankens fondsinitiativ Transformative Carbon Asset Facility (TCAF) som utviklar pilot-program. Kor omfattande marknaden for samarbeid om utsleppsreduksjonar vil bli under Parisavtala er uvisst. Det inneber uvisse både om omfang og pris for utsleppsreduksjonar som kan oppnåast ved slikt samarbeid. Stortinget vil bli orientert på eigna måte.

Fotnotar

1.

NOU 2018: 17 Klimarisiko og norsk økonomi

2.

M-932 Utredning om konsekvenser for Norge av klimaendringer i andre land

Til forsida