Prop. 1 S (2019–2020)

FOR BUDSJETTÅRET 2020 — Utgiftskapittel: 1400–1482 Inntektskapittel: 4400–4481 og 5578

Til innhaldsliste

Del 2
Klima- og miljødepartementets budsjett for 2020

7 Omtale av kapittel og post

Programkategori 12.10 Fellesoppgåver, forsking, internasjonalt arbeid m.m.

Hovudinnhald og prioriteringar

Utgiftene under programkategori 12.10 kan førast tilbake til alle resultatområda. Kategorien omfattar verksemda til Klima- og miljødepartementet medrekna tilskot som blir behandla i departementet og løyvingar til å sikre ein kunnskapsbasert forvaltning, under dette kartlegging, overvaking og forsking på klima- og miljøområdet, og anna arbeid knytt til miljødata. Delar av løyvingane kan bli stilte til disposisjon for etatane som er underlagt departementet når det er naturleg at etatane utfører oppgåvene.

Internasjonalt arbeid

Omtale av Noregs internasjonale arbeid med klima og miljø finst òg under dei ulike resultatområda og dei andre programkategoriane. Omtalen i dette kapitlet gjeld berre internasjonalt arbeid som går på tvers av resultatområda.

Multilateralt klima- og miljøsamarbeid

Mange FN-organ er viktige aktørar i det globale arbeidet med miljø- og klimaspørsmål. Noreg er ein viktig bidragsytar til organisasjonane og programma som har miljø som kjerneoppgåve. Noreg gir dessutan tilleggsmidlar for å styrkje arbeidet med miljø- og klimaspørsmål og har fortløpande dialog med institusjonane om integrering av miljøomsyn i verksemda deira. Noreg vil i 2020 framleis leggje vekt på å følgje opp Rio+20-vedtaket om å styrkje FNs miljøprogram. Noreg ved klima- og miljøministeren er valt som president for FNs femte miljøforsamling som finn stad i februar 2021. Det vil vere ein prioritet i 2020 å leggje til rette for at presidentskapet blir gjennomført på ein god måte og at høvet blir utnytta til å styrkje FNs miljøprogram. Frå norsk side vil vi framleis ha spesiell merksemd på områda marin forsøpling og mikroplast og ta aktivt del i å utvikle nye verkemiddel og sterkare globale forpliktingar for å redusere marin forsøpling. Vi vil òg leggje vekt på arbeidet med ein handlingsplan mot marin plastforsøpling under FNs sjøfartsorganisasjon IMO og følgje opp Baselkonvensjonens arbeid med endringar i det internasjonale regelverket for plastavfall. Klima, naturmangfald og marin forsøpling er anerkjent som miljøutfordringar som krev auka globalt respons. I løpet av 2019 har rapportar frå Klimapanelet, Naturpanelet og den sjette globale miljøstatusrapporten frå FNs miljøprogram (GEO-6) dokumentert at det er behov for ei opptrapping av miljøinnsatsen. Noreg vil halde fram arbeidet med å utvikle FNs miljøprograms normative rolle og sikre eit tettare samarbeid med andre FN-organ. Noreg er òg ein sentral bidragsytar til FNs program for å redusere utslepp gjennom avskoging og skogdegradering i utviklingsland (UN-REDD), og til fleire Verdsbankfond som finansierar investeringar for å redusere utslepp frå skog i utviklingsland, til dømes FEPF Karbonfond og BioCarbon-fondet. Sjå omtale av Klima- og skoginitiativet under programkategori 12.70.

FNs universelle berekraftsmål skapar forventningar om at både land og internasjonale organisasjonar skal betre integreringa av dei tre dimensjonane av berekraft (økonomiske, sosiale og miljøvise omsyn) på ei rekkje samfunnsområde. Måla kan såleis gi draghjelp til det globale grøne skiftet, og fremje heilskapleg tenking over «silotilnærming». Noreg har oppnådd mykje, men er òg utfordra av ein del av måla. Oppgåva med årleg å følgje opp gjennomføringa av berekraftsmåla er lagt til FNs høgnivåforum for berekraftig utvikling (HLPF), og kvart fjerde år skal verdas leiarar få ei særskilt oversikt over framdrifta og område som krev større innsats. I 2019 vart Global Sustainable Development Report lagt fram. Sjå omtale av berekraftsmåla under del III, kap.8.4.

Konvensjonen om biologisk mangfald (CBD) omfattar bevaring og berekraftig bruk av det biologiske mangfaldet, og rettferdig fordeling av utbytte frå bruk av genetiske ressursar. I oktober 2020 skal det vedtakast eit nytt globalt rammeverk under partsmøtet i Kunming, Kina. Det nye rammeverket vil erstatte dei 20 Aichimåla som vart vedtekne i 2010. Aichimåla er godt integrerte i Agenda 2030 og berekraftsmåla, og det bør sikrast ein tett kopling mellom berekraftsmåla og andre eksisterande mål for biologisk mangfald i utviklinga av nytt strategisk rammeverk.

Noreg vil fram mot 2020 delta aktivt i forhandlingane for å sikre eit ambisiøst og effektivt nytt globalt rammeverk under CBD. Noreg ønskjer ei utvikling av konvensjonen innan berekraftig bruk og økosystembaserte tilnærmingar til klimautfordringa, og større vekt på å integrere omsyn til biologisk mangfald i andre sektorar. Dette er alle sentrale punkt for gjennomføring av FNs berekraftsmål.

Den globale miljøfasiliteten (GEF) finansierer tiltak som skal medverke til å betre det globale miljøet. GEF er no inne i sin sjuande fireårsperiode. GEF-7 strekkjer seg frå 01.07.18 til 30.06.22 og ca. 4 milliardar USD skal fordelast til formål under dei globale miljøkonvensjonane (klima, biodiversitet, forørkning, kjemikaliar og kvikksølv). Noreg har gitt tilsegn på 520 mill. kroner til GEF-7 over Utanriksdepartementets budsjett.

En stadig større del av GEFs portefølje er knytt til store, integrerte program (skogforvaltning, arealbruk, matproduksjon, sirkulærøkonomi mv). Her ser ein på tvers av miljøtema og ønskjer å handtere dei såkalla drivarane bak global miljøforringing. Investeringsbehovet er mange gonger større enn GEF-midlane, og det er viktig å bruke desse midlane til å skape størst mogleg spreiingseffekt. GEF opererer i dag med gode tal for samfinansiering med andre aktørar, for arbeidsprogrammet vedteke på styremøtet i juni 2019 reknar ein med 8 dollar for kvar GEF-dollar investert.

Påfyllingsforhandlingar for GEF-7 gav ein auke i innsatsen mot marin forsøpling og betre koplingar til eksisterande klima- og skogsatsingar inkl. REDD+. Ein har òg fått på plass betre mekanismar for å sikre resultat av GEF-programma over tid, slik at oppnådde miljøeffektar blir meir varige. Alt dette står sentralt i den norske oppfølginga gjennom halvårige styremøte.

Noreg deltek i Group on Earth Observation (GEO) som er eit internasjonalt samarbeid for jordobservasjon og samordning av miljødata. Formålet med samarbeidet er å styrkje tilgangen til miljødata for avgjerdstakarar over heile verda for å sikre god miljø- og ressursforvaltning og krisehandtering. GEO er pådrivar for ein fri og open datapolitikk og det er lagt stor vekt på kapasitetsbygging for å sikre tilgang til data for utviklingsland. Det er etablert fleire flaggskip og initiativ på ulike satsingsområde, bl.a. hav, biodiversitet og landbruk. Sjå nærare omtale av flaggskipet Global Forest Observation Initiative under programkategori 12.70.

For omtale av Noregs hovudinnsatsområde i det internasjonale klimaarbeidet, sjå programkategori 12.20 og 12.70.

Miljøkriminalitet

Miljøkriminalitet er eit alvorleg og aukande problem, med store negative konsekvensar for naturmangfald og klima. Naturpanelet la nyleg fram ein rapport som mellom anna viser at ein av åtte millionar arter i verda er truga av utrydding. Miljøkriminalitet er ein av årsakene til at arter er truga, og vi må difor gjere meir for å kjempe mot slik kriminalitet. I mange tilfelle er miljøkriminalitet òg knytt til annan organisert kriminalitet. Det utgjer da ein trugsel mot global tryggleik og fattigdomsnedkjemping.

Regjeringa har difor starta arbeidet med ei stortingsmelding om miljøkriminalitet. Stortingsmeldinga vil presentere regjeringa sin politikk for å styrkje innsatsen mot miljøkriminalitet, både nasjonalt og internasjonalt. Meldinga skal òg beskrive kva som kjenneteiknar dei ulike formane for miljøkriminalitet, kva utfordringar som gjer seg gjeldande, og korleis utviklinga på området er. Eit viktig føremål med stortingsmeldinga er vidare å skape auka merksemd om miljøkriminalitet, og medverke til auka kunnskap, forståing og engasjement.

Medverknad i EU-samarbeidet og effektiv gjennomføring av EØS-rettsakter

Klima- og miljødepartementet har som mål å medverke til ein ambisiøs klima- og miljøpolitikk i EU. EU har ein klar pådrivarrolle i det internasjonale klima- og miljøsamarbeidet, og ein stor del av EUs klima- og miljøpolitikk blir innlemma i norsk regelverk som følgje av EØS-avtala. KLD har over tid arbeidd for å påverke innhaldet i den nye kommisjonens arbeidsprogram i tråd med norske interesser på område som klima, avfall, plast og marin forsøpling, og kjemikaliar. Påtroppande kommisjonspresident von der Leyen har varsla ein ambisiøs klima- og miljøpolitikk mens valet til nytt Europaparlamentet gav stor framgang for partigrupper med klar miljøprofil.

Påverknadsarbeidet overfor EU skjer gjennom å delta i Kommisjonens ekspertgrupper og komitear, politiske møte med Kommisjonen og Europaparlamentet, andre innspel til sentrale aktørar i EU, og gjennom å delta i ambisiøse «vennegrupper» som REACH UP-gruppa på kjemikalieområdet, som no òg omfattar plast og Green Growth Group (GGG) på klimaområdet og gjennom nordisk samarbeid. Noreg har ein nasjonal ekspert i DG Climate Action i Europakommisjonen. Nordisk samarbeid er òg viktig for å påverke utvikling av EUs regelverk og andre internasjonale prosessar. Etter initiativ frå Noreg er Hav og Klima et nytt satsingsområde for det nordisk samarbeid. Målsetjinga for dette samarbeidet er å skape ei «tydeleg nordisk stemme» på dei internasjonale havkonferansane og konvensjonsmøta som vil finne stad dei næraste åra.

Noreg er medlem i Det europeiske miljøbyrået (EEA) og deltek i arbeidet i Det europeiske kjemikaliebyrået (ECHA). Miljøbyråa er ei viktig informasjonskjelde for alle som er med å utforme, vedta, setje i verk og evaluere miljøpolitikk. Gjennom EØS-avtala er Noreg medlem av EUs jordobservasjonsprogram Copernicus, som etablerer omfattande satellittovervaking av miljø globalt, regionalt og nasjonalt, ikkje minst i havområda og i Arktis.

Enkelte sentrale miljøpolitiske område er ikkje omfatta av EØS-avtala. Det gjeld naturvern og forvalting av naturressursar, landbruk og fiskeri, men Noreg og EU er tett bundne saman gjennom EUs indre marknad på alle område. Nye forslag og omlegging i EUs politikk får stor verknad for norsk politikk. Kvart år blir ei rekkje rettsakter innlemma i EØS-avtala og gjennomførde i norsk regelverk for miljø- og klimapolitikken.

Ved å delta gjennom heile prosessen sikrar departementet ein grundig gjennomgang og vurdering av forslag til nye EU-rettsakter og moglege konsekvensar av gjennomføring før regelverket eventuelt blir teke inn i EØS-avtala og gjennomført i norsk rett.

EØS-midlane medverkar til sosial og økonomisk utjamning i Europa og til gjennomføringa av EUs rettsakter i mottakarlanda. Dei er òg ein del av miljøforvaltinga sitt EU/EØS-arbeid. Klima-, miljø- og kulturarvprogramma inkludert dei bilaterale fonda under EØS-midlane stimulerer til godt bilateralt fagleg samarbeid med mottakarlanda. Klima, energi, miljø og lågutsleppsutvikling er eitt av tre prioriterte hovudområde i inneverande periode som vil gå fram til og med 2024. Det vil gi nye og gode høve til å stimulere landa til tidleg oppfølging av EUs rettsakter og til å stimulere landa til oppfølging av internasjonale avtaler innan klima, miljø og biodiversitet.

Klima og miljø i handels- og investeringsvernavtaler

Andre handels- og investeringsvernavtaler enn EØS-avtala påverkar òg kva som blir produsert og selt og korleis ein gjer det, og dermed òg klima- og miljøverknadene av handel. Dei påverkar òg kva tiltak som kan setjast i verk av omsyn til klima og miljø. I motsetning til EØS-avtala inneheld dei ikkje felles klima- og miljøregelverk. Det er derfor naudsynt å syte for at dei vert utforma slik at dei fremjar grøn vekst og støttar opp om klima- og miljøomsyn. Behovet for å arbeide for å styrkje samstemmigheit mellom handel og miljø aukar, mellom anna når det gjeld samanhengen mellom handel og skogforvalting. Derfor arbeider Klima- og miljødepartementet for at slike avtaler får eigne kapittel om handel og berekraftig utvikling, senkar toll på klima- og miljøvennlege varer og gir rom for støtte, avgifter og reguleringar som gjer det enklare og billegare å produsere, forbruke og transportere med mindre ressursar og utslepp. Den amerikanske administrasjonen har endra prioriteringane for USAs handelspolitikk. Det internasjonale handelssystemet vert sett under press. Utvikling av slike avtaler skjer no i aukande grad utanfor Verdas handelsorganisasjon (WTO). Departementet følgjer derfor både forhandlingane mellom Noreg og Kina, forhandlingar gjennom den europeiske frihandelsorganisasjonen EFTA òg utviklinga i samarbeidet om handel og investeringar mellom EU og andre sentrale land. EU er blant dei som har komme lengst i arbeidet med avtaler som støttar opp om klima- og miljøomsyn.

Klima- og miljøsamarbeid med utviklingsland

Samarbeid med økonomiar i framvekst og utviklingsland er òg ein viktig pilar i Noregs internasjonale klima- og miljøarbeid. Med bilaterale samarbeidsavtaler og støtte til internasjonale initiativ skal Noreg medverke til ei grøn utvikling gjennom oppbygging av kapasitet og kompetanse til å forvalte miljø og naturressursar.

Regjeringas største internasjonale initiativ innan klima- og miljø er Klima- og skoginitiativet. Sjå nærare omtale av dette under programkategori 12.70. Klima- og miljødepartementet har også særskilte avtaler om samarbeid med miljøstyresmaktene i dei store utviklingslanda Kina, India og Sør-Afrika. Desse landa har stor betyding for den globale miljøtilstanden og er heilt sentrale i internasjonalt miljøsamarbeid og i utvikling av globale miljøavtaler. I Kina, Sør-Afrika og India har Klima- og miljødepartementet medverka til ein portefølje av prosjekt som er retta inn mot det enkelte land si evne til å gjennomføre internasjonale forpliktingar under miljøkonvensjonane.

Prosjekta er hovudsakleg forvaltingssamarbeid. Miljødirektoratet er ein viktig partnar på norsk side. Finansiering skjer i hovudsak over Utanriksdepartementets budsjett. I tillegg vert det nytta midlar over Klima- og miljødepartementets budsjett for å setje i gang nye prosjekt og utgreiingar. Klima- og miljødepartementet samarbeider med Sør-Afrikas miljødepartement om å betre forståinga for digitale gensekvensar (digital sequencing information- DSI) og kapasitetsbygging i Afrika knytt til dette. Miljødirektoratet er i dialog med Sør-Afrika om utarbeidinga av avfallssystem, med sikte på å redusere tilførselen av marin forsøpling. Tidlegare har Miljødirektoratet medverka til utvikling av utsleppsrekneskap i Sør-Afrika. I Kina har Miljødirektoratet sidan 2012 vore ein sentral partnar for å utvikle Kinas kvotemarknad. Prosjektet held fram i ein ny fase. I 2019 er det starta opp nye prosjekt med Kina om miljøgifter og marin forsøpling. Miljødirektoratet er òg i gang med eit pilotprosjekt om biomangfald og klima som vil medverke til implementeringa av konvensjon om biologisk mangfald (CBD). Kina skal arrangere partsmøtet under konvensjonen i 2020. Noreg gir òg støtte til og deltek med ekspertar i høgnivårådet China Council for International Cooperation on Environment and Development (CCICED). Rådet er oppretta av, og gir tilrådingar til, den kinesiske toppleiinga. I tillegg til å sjå på og gi råd omkring Kinas nasjonale utfordringar, har høgnivårådet fått eit større fokus på Kinas rolle internasjonalt, mellom anna Kinas utlandsinvesteringar gjennom landets nye silkeveginitativ. I India utgjer klimagassutslepp frå kuldemedium ei betydeleg, og aukande, klimautfordring. Noreg støttar arbeid som kan medverke til raskare innfasing av meir miljøvennlege kuldemedium. Gjennom det bilaterale samarbeidet støttar Noreg bruk av meir miljøvennleg brensel i sementproduksjon. Marin forsøpling og havforvaltning er også i aukande grad ein del av det bilaterale miljøsamarbeidet med India.

På oppdrag frå Utanriksdepartementet/Norad og Verdsbanken er Meteorologisk institutt engasjert i kapasitetsbygging innan vêrvarsling og klimaarbeid i blant anna Bangladesh, Myanmar, Vietnam og på Sri Lanka. Formålet er å byggje opp dei meteorologiske institusjonane i landa slik at dei blir sett i stand til å varsle farleg vêr og handtere klimaendringar. Eit nytt og spanande prosjekt i Afrika er å byggje vêrtenester etter modell frå Yr, med opne data. Prosjektet er òg ein del av FN si satsing på digitale fellesgode.

I tillegg til å støtte opp om norsk utanrikspolitikk oppfyller òg Meteorologisk institutt ei generell oppmoding frå WMO om at i-land bistår i u-land når det gjeld utvikling av meteorologi.

Nærare om budsjettforslaget

Foreslått løyving knytt til programkategorien for 2020 er på 2 242,5 mill. kroner. Dette er ein auke på 3 pst. samanlikna med saldert budsjett for 2019.

Utgifter under programkategori 12.10 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

Pst. endr. 19/20

1400

Klima- og miljødepartementet

602 031

664 582

664 655

0,0

1410

Kunnskap om klima og miljø

799 724

956 710

1 022 671

6,9

1411

Artsdatabanken

77 961

69 793

69 375

-0,6

1412

Meteorologiformål

450 949

486 448

485 762

-0,1

Sum kategori 12.10

1 930 665

2 177 533

2 242 463

3,0

Kap. 1400 Klima- og miljødepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Driftsutgifter

285 901

291 084

293 006

21

Spesielle driftsutgifter

67 641

109 008

102 724

50

Heilskapleg profilering, grøne løysingar

10 000

10 239

10 514

51

Den naturlege skulesekken

9 904

10 169

62

Den naturlege skulesekken

3 409

70

Frivillige miljøorganisasjonar og allmennyttige miljøstiftelsar

57 737

52 541

52 541

71

Internasjonale organisasjonar

83 155

88 053

89 371

74

Tilskot til AMAP, kan overførast

4 345

4 871

5 002

76

Støtte til nasjonale og internasjonale miljøtiltak, kan overførast

89 843

98 882

101 328

Sum kap. 1400

602 031

664 582

664 655

Post 01 Driftsutgifter

Midlane under posten er retta mot alle resultatområda.

Løyvinga dekkjer dei ordinære driftsutgiftene som er naudsynte for at Klima- og miljødepartementet skal kunne halde ved lag ei god verksemd. Om lag to tredelar av løyvinga gjeld løn til fast tilsette i departementet. Om lag ein tredel av løyvinga går til å dekkje husleige, fornying av materiell, inventar og utstyr, blant anna drift og utvikling av IT-anlegget til departementet, reiseutgifter, kurs- og konferanseverksemd og tiltak for kompetanseutvikling. Av desse fellesutgiftene er husleige og IKT-utgifter dei største. Det er rammeoverført 3,1 mill. kroner til KMD til kap. 510 post 01 for levering av fellestenester frå DSS til departementet.

Løyvinga kan overskridast mot tilsvarande meirinntekt under kap. 4400 post 02.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Midlane under posten er retta mot alle resultatområda.

Løyvinga på denne posten dekkjer utgifter til kjøp av utgreiingar. Løn til mellombels tilsette som er knytte til faglege prosjekt kan òg førast over posten. Prosjekta relaterer seg til heile miljøforvaltingas ansvarsområde.

Klima- og miljøpolitikken står overfor store utfordringar, og det er viktig å ha eit grundig fagleg fundament for den politikken som blir lagt opp. Det er derfor viktig at Klima- og miljødepartementet har nok ressursar til å kunne initiere utgreiingar av ny politikk og evaluere politiske tiltak og verkemiddel som er sette i gang eller gjennomførte. I tillegg blir ressursar nytta til å vurdere klima- og miljøkonsekvensar av forslag som er fremja frå andre sektorar.

Løyvinga på posten er redusert med 6,2 mill. kroner. I budsjettet for 2020 er det rammeoverført 3,0 mill. kroner til Utanriksdepartementets budsjett knytt til det internasjonale høgnivåpanelet for berekraftig havøkonomi. Anna reduksjon på posten skuldast at midlar er omdisponerte til andre postar fordi tidsavgrensa prosjekt er avslutta. Av midlar løyvd i 2019 til arbeid med marin forsøpling er 4,5 mill. kroner overført til kap. 1400 post 76 som tilskot til GRID Arendals internasjonale arbeid. Det er også flytt 0,2 mill. kroner til kap. 1400 post 76. Midlane er knytte til Den europeiske standardiseringsorganisasjonens (CEN) arbeid. Arbeidet med handlingsplan for å auke delen klima- og miljøvenlege offentlege innkjøp og grøn innovasjon vert styrkt med 5 mill. kroner til rettleiing og kompetanseutvikling i Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi). Det er sett av 2 mill. kroner til å hente inn kunnskap som skal danne grunnlag for ei meir berekraftig forvaltning av fjellområda. Andre styrkingar under posten 2 mill. kroner til førebuing av FNs 5. miljøforsamling i 2021, og 2 mill. kroner til Kunnskapsløftet.

Rapport 2018

I 2018 blei midlane på posten nytta til tiltak knytte til alle resultatområda, hovudsakeleg innan klima, forureining og naturmangfald.

Post 50 Heilskapleg profilering, grøne løysingar

Posten blei oppretta i 2018 for å fremje heilskapleg profilering av norske grøne løysingar. Formålet er auka eksport og å trekkje internasjonale investorar til Noreg. Satsinga skal medverke til å fremje fleire gode gründarar, fleire vekstkraftige bedrifter og fleire innovative næringsmiljø, som samtidig skal medverke til berekraftig utvikling og overgang til lågutsleppsamfunnet.

Det grøne skiftet byr på både utfordringar og moglegheiter for næringslivet. På fleire område har Noreg gode føresetnader til å ta ei leiarrolle i teknologiutvikling og løysingar for det grøne skiftet. Dette gjeld blant anna prosessindustrien og elektrifiseringa av transportsektoren. Noreg er allereie verdsleiande på utvikling av teknologi for elektrifisering av maritim transport. Berekraftig havbruk er eit anna mogleg vekstområde. Bioøkonomi, sirkulærøkonomi og smarte bygg og byar er andre moglegheitsområde. Regjeringa ønskjer å gi ekstra drahjelp til næringslivet som leverer grøne løysingar og som har moglegheiter på internasjonale marknader.

Satsinga skal sjåast i samanheng med Innovasjon Noreg sitt arbeid med profilering for å medverke til auka internasjonalisering. Innovasjon Noreg skal leggje til rette for eit samarbeid med privat næringsliv som skal inviterast til å delta i både utforming og vidare finansiering av satsinga. I juni 2019 blei utstillingsvindauget for norske berekraftig grøne løysingar «The Explorer» lansert internasjonalt. Arbeidet med å undersøke moglege partnarskapsmodellar med næringslivet for å finansiere vidareutvikling og drift av satsinga er starta opp.

Det er foreslått ei løyving på 10,514 mill. kroner for 2020.

Rapportering 2018

I 2018 blei utstillingsvindauget «the Explorer» utvikla i samarbeid med næringslivet. Arbeid med å gjere utstillingsvindauget kjent og å medverke til at bedrifter tek det i bruk blei også starta opp.

Post 51 Den naturlege skulesekken

Midlane under posten er knytte til alle resultatområda bortsett frå Polarområda.

Den naturlege skulesekken (DNS) er eit samarbeidstiltak mellom Kunnskapsdepartementet og Klima- og miljødepartementet. Tiltaket er leia av Miljødirektoratet og Utdanningsdirektoratet, mens gjennomføringa skjer gjennom Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa (Naturfagsenteret) ved Universitetet i Oslo.

Av løyvinga er 3,4 mill. kroner øyremerkte tilskot til skular. Dei resterande midlane skal nyttast til administrasjon og rettleiing, og til kjøp av tenester hos eksterne aktørar som samarbeider med DNS-skular. Innrettinga av tilskotsdelen av midlane er som følgjer:

Mål

Målet er å medverke til at elevane får kunnskap og medvit om berekraftig utvikling og klima- og miljøutfordringane på kloden, og blir i stand til å forstå og utvikle løysingar på miljøproblema i dag og i framtida.

Den naturlege skulesekken legg til rette for utvida bruk av nærmiljøet til skulane i undervisninga og set miljø, friluftsliv og berekraftig utvikling i samanheng med realfag, samfunnsfag og mat og helse. Tiltaket legg til rette for samarbeid mellom skular og eksterne aktørar som til dømes frivillige miljø- og friluftsorganisasjonar. Den støttar utviklinga av lokale, fleirfaglege undervisningsopplegg tilpassa læreplanverket. Eit berande pedagogisk prinsipp er å flytte læringsarenaen frå klasserommet til lokalsamfunnet. I Den naturlege skulesekken er varierte arbeidsmetodar utandørs, bruk av nærmiljøet og aktørar i nærmiljøet sentralt.

Kriterium for måloppnåing

Den naturlege skulesekken skal koordinere læringsressursar innanfor dei aktuelle områda, og skape eit profesjonelt nettverk av foreiningar og organisasjonar som driv skuleretta verksemd. Den naturlege skulesekken skal medverke til å utnytte skulen sitt nærmiljø som læringsarena og bruk av ulike lokale, regionale og nasjonale ressursar, i tillegg til å medverke til å styrkje samfunnsfaglege og naturfaglege metodar.

Tildelingskriterium

Den enkelte skulen kan søkje på årleg utlyste utviklingsmidlar. Kriterium for å få tildelt støtte er at dei planlagde undervisningsopplegga skal nytte skulen sitt nærmiljø som læringsarena, ha høg fagleg kvalitet og femne om 2 eller fleire fag. Minst eitt av desse faga skal vere naturfag eller samfunnsfag, og skulane blir bedne om å samarbeide med ein ekstern aktør. Undervisningsopplegga skal ha som mål å utvikle elevane og lærarane si nyfikne, kunnskapen deira om natur og samfunn, og medvit om berekraftig utvikling. Det skal leggjast vekt på grunnleggjande dugleikar i læringsprosessane, og utforskande arbeidsmåtar skal vere ein viktig måte å arbeide på.

Oppfølging og kontroll

Dei tiltaka som blir sette i gang, blir følgde opp fortløpande fagleg og økonomisk av Naturfagsenteret ved Universitetet i Oslo. Undervisningsopplegga blir vurderte for publisering på nettstaden www.natursekken.no slik at dei kan delast med andre. Det blir utarbeidd årlege rapportar om heile prosjektet frå Naturfagsenteret.

Rapport 2018

Posten var ny i 2019, og det er derfor ikkje rapportering for 2018. Mykje av midlane til skulesekken vart i 2018 nytta over post 62. Sjå rapportering under denne.

Post 62 Den naturlege skulesekken

Posten er lagt ned, og midlane flytta til ny post 51.

Rapport 2018

I 2018 fekk 113 skular midlar til utvikling av undervisningsopplegg i skuleåret 2018/19. Totalt har 648 skular gjennomført skuleprosjekt i Den naturlege skulesekken i perioden 2009–2017/2018. Skulane som deltek får pedagogisk rettleiing gjennom regionale nettverk ved høgskular og Naturfagsenteret. Naturfagsenteret arrangerer årleg ein nasjonal konferanse for deltakarskulane i februar. Konferansen samlar kvart år 3–400 lærarar, skuleleiarar, lærarutdannarar og eksterne aktørar.

I tillegg er det totalt 11 regionkontaktar som arrangerer to nettverksmøte årleg i 7 regionar, med til saman 14 regionale samlingar rundt om i landet. Det er òg oppretta 8 lærarnettverk i regionane.

Post 70 Frivillige miljøorganisasjonar og allmennyttige miljøstiftelsar

Midlane under posten er retta mot alle resultatområda.

Mål

Målsetjinga med tilskotsordninga er å leggje til rette for eit breitt folkeleg engasjement for miljøsaker. Tilskotsordninga skal stimulere til miljøaktivitetar lokalt, regionalt og nasjonalt. Tilskotsordninga gjeld for landsdekkjande frivillige organisasjonar og allmennyttige stiftelsar av nasjonal tyding, med hovudformål for verksemda innanfor miljøforvaltinga sitt ansvarsområde.

Tildelingskriterium

Fordeling av tilskot er berekna etter forskrifta, der 77 pst. av løyvd beløp på posten går til frivillige miljøorganisasjonar, medan 23 pst. går til allmennyttige miljøstiftelsar. For dei friviliige organisasjonane vert tilskota berekna etter kriterium som er beskrive i forskrifta. For dei allmennyttige miljøstiftelsane og samanslutningane av organisasjonar er tilskota berekna med grunnlag i løyvinga dei fekk førre året.

Tabell 7.1 Fordeling av tilskot

Organisasjon/stiftelse

Rekneskap 2018

Løyving 2019

Forslag 2020

Miljøorganisasjonar

Den Norske Turistforeining

6 657 000

6 416 000

6 658 000

Forbundet Kysten

4 668 000

4 500 000

4 563 000

Fortidsminneforeininga1

4 702 703

4 238 000

3 877 000

Framtida i våre hender

4 639 003

4 472 000

4 700 000

Noregs Jeger- og Fiskarforbund2

10 086 002

4 859 000

4 895 000

Noregs naturvernforbund

6 858 000

7 582 000

7 637 000

Paraplyorganisasjonar

Sabima

1 683 000

1 683 000

1 541 000

Kulturvernforbundet

1 683 000

1 683 000

1 541 000

Regnskogfondet

1 683 000

1 683 000

1 541 000

Barn- og ungdomsorganisasjonar

Natur og Ungdom

4 097 000

4 530 000

5 131 000

Miljøagentane

2 845 000

2 742 000

2 996 000

Miljøstiftelsar

Miljøstiftelsen Bellona

2 095 000

2 095 000

1 917 000

Norsk kulturarv

1 150 000

1 150 000

1 052 000

WWF Noreg

3 083 000

3 083 000

2 822 000

Zero

1 368 000

1 368 000

1 252 000

Norsk klimastiftelse

457 000

457 000

418 000

Sum

57 736 708

52 541 000

52 541 000

1 334 700 kroner av rekneskap 2018 under Fortidsminneforeininga gjeld tilskot frå 2017 som blei utbetalt først i 2018.

2 4 861 000 kroner av løyvinga til Noregs Jeger- og Fiskarforbund vart rammeoverført i 2019, som følgje av overføring av ansvaret for haustbart vilt frå Klima- og miljødepartementet til Landbruks- og matdepartementet.

Oppfølging og kontroll

Oppfølging av bruk av midlar skjer blant anna ved kontroll og vurdering av søknad, årsrapport og årsrekneskap, innsend av tilskotsmottakar.

Post 71 Internasjonale organisasjonar

Midlane under posten er retta mot alle resultatområda. Samla er posten auka med 1,3 mill. kroner. Det er ein generell auke av fleire kontingentar og ein priskompensasjon på posten. Det er omdisponert 1,5 mill. kroner til post 76 i samband med arbeidet med IPCCs 6. hovudrapport.

Mål

Målsetjinga med løyvinga er å medverke til å halde ved lag drifta av organisasjonar, avtaler, konvensjonar og sekretariat som utfører viktig miljøretta arbeid av verdi for Noreg.

Løyvinga skal dekkje obligatoriske bidrag til internasjonale organisasjonar, avtaler, konvensjonar og sekretariat der Noreg deltek aktivt. Løyvinga under denne posten er ei direkte følgje av at Noreg har ratifisert avtaler med budsjettbindingar, eller at regjeringa har vedteke norsk medlemskap. I tillegg blir det gitt bidrag til FNs miljøprogram (UNEP). Ordninga er ikkje open for søknad.

Følgjande internasjonale organisasjonar, avtaler, konvensjonar og sekretariat får bidrag:

  • International Council of Monuments and Sites (ICOMOS)

  • Internasjonalt studiesenter for bevaring og restaurering av kulturminnesmerke (ICCROM)

  • FNs miljøprogram (UNEP)

  • Den internasjonale naturvernunionen (IUCN)

  • Interimssekretariat for konvensjonen om vern av våtmarker (Ramsar-konvensjonen)

  • Konvensjonen om internasjonal handel med truga arter (CITES)

  • Konvensjonen om trekkjande arter av ville dyr (Bonn-konvensjonen)

  • Vassfuglavtala under Bonnkonvensjonen (AEWA)

  • Albatrossavtala under Bonnkonvensjonen (ACAP)

  • Flaggermusavtala under Bonnkonvensjonen (EUROBATS)

  • Den nordatlantiske laksevernorganisasjonen (NASCO)

  • Konvensjonen om biologisk mangfald (Biodiversitetskonvensjonen/CBD)

  • Protokoll om genmodifiserte organismar (Cartagena-protokollen)

  • Nagoya-protokollen under konvensjon om biologiske mangfald om tilgang til genressursar og ein rettferdig og likeverdig fordeling av fordelar som følgjer av bruken av slike ressursar.

  • Konvensjonen om vern av ville europeiske planter og dyr, og leveområda deira (Bernkonvensjonen)

  • Konvensjonen om vern av ozonlaget (Wienkonvensjonen)

  • Protokoll om stoff som reduserer ozonlaget (Montrealprotokollen).

  • FNs klimapanel (IPCC)

  • FNs rammekonvensjon om klimaendringar (UNFCCC)

  • Protokoll som skal redusere utslepp av skadelege klimagassar (Kyoto-protokollen)

  • Det europeiske miljøvernbyrået (EEA)

  • Fellessekretariat for Oslo- og Pariskonvensjonane og Bonnavtala (oljeforureining)

  • Konvensjonen om langtransporterte luftforureiningar (LRTAP-konvensjonen)

  • Det europeiske overvakingsprogrammet for langtransport av luftforureiningar (EMEP)

  • Konvensjonen om kontroll med grenseoverskridande transport av farleg avfall (Baselkonvensjonen)

  • Konvensjonen om persistente organiske sambindingar (Stockholm-konvensjonen)

  • Konvensjonen om notifikasjon og førehandssamtykke ved eksport av kjemikaliar (Rotterdam-konvensjonen)

  • Konvensjonen om kvikksølv (Minamata-konvensjonen)

  • Strategic Approach to International Chemicals Management (SAICM)

  • Oppfølging av REACH-regelverket på kjemikaliar

  • Konvensjonen om tilgang til miljøinformasjon, deltaking i avgjerdsprosessar og høve til klage- og domstolsprøving på miljøområdet (Århus-konvensjonen)

  • Protokoll om forureina utslepp og utsleppsregister under Århus-konvensjonen (PRTR)

  • Espoo-konvensjonen om grenseoverskridande miljøkonsekvensutgreiingar

  • Kontingent til Verdsarvfondet

Oppfølging og kontroll

Kontroll og oppfølging av organisasjonane, avtaler, konvensjonar, og sekretariata skjer ved generell formaliakontroll av reviderte rekneskapar og årsrapportar, deltaking i partsmøte, generalforsamlingar, årsmøte og liknande.

Post 74 Tilskot til AMAP, kan overførast

Løyvinga er retta mot resultatområde Polarområda.

Mål

Målet med løyvinga er å sikre kunnskap om miljøsituasjonen i Arktis gjennom programmet for arktisk miljøovervaking, Arctic Monitoring and Assessment Programme (AMAP). AMAP er ei arbeidsgruppe under Arktisk råd som skal kartleggje nivå og effektar av forureining og klimaendringar på arktiske økosystem. Noreg, som vertsland for AMAP-sekretariatet, har påteke seg ei internasjonal forplikting for å ivareta drifta av arbeidsgruppa. Stiftelsen Sekretariatet til den arktiske miljøovervakings- og vurderingsprogrammet AMAP vart oppretta av Klima- og miljødepartementet for dette formål.

Oppfølging og kontroll

Klima- og miljødepartementet nemner opp styret og får årsrapportar, rekneskap og revisjonsberetningar.

Rapport 2018

2018 var eit år med stor aktivitet for AMAP-sekretariatet, med omlokalisering frå Oslo til Tromsø og tilsetting av ny dagleg leiar. Frå april 2018 er AMAP-sekretariatet samlokalisert med Arktisk råds sekretariat i det nye Framsenteret i Tromsø. Flyttinga har ført med seg auka kostnader i form av auka husleige og reisekostnader, og har lagt beslag på betydeleg kapasitet i 2018. Samstundes har sekretariatet lagt ned stor innsats for å følgje opp oppdrag frå Arktisk råd knytt til overvaking, vurderingar og samanstilling av informasjon om miljøtilstand og klimaendringar i Arktis. Sentrale oppgåver i 2018 var oppdatering av status for klimaendringane i Arktisk, vurdering av havforsuring i arktiske farvatn og vurdering av biologiske effektar av miljøgifter på dyrelivet i Arktis. AMAPs arbeid er viktige bidrag for å dokumentere tilstanden for det arktiske miljøet, som grunnlag for tilrådingar om tiltak og som innspel til Stockholmkonvensjonen, Minamatakonvensjonen og FNs klimapanel.

Post 76 Støtte til nasjonale og internasjonale miljøtiltak, kan overførast

Tilskotsordninga skal medverke til nasjonale tiltak slik at Noreg oppfyller sine internasjonale plikter for naturmangfald, klima og forureiningar, og nasjonale mål innafor alle resultatområda. Tilskotsordninga skal òg medverke til å styrkje arbeidet med miljøspørsmål som er viktige for Noreg, og å få gjennomslag for norske miljøpolitiske prioriteringar internasjonalt.

Posten er delt mellom alle resultatområde, jf. omtale under.

Posten er auka med 2,5 mill. kroner i høve til 2019, og utgjer 101,3 mill. kroner i 2020. Til posten er det flytta 0,2 mill. kroner frå post 21, til støtte for CENs standardiseringsarbeid. Det er òg flytta 4,5 mill. kroner frå kap. 1400 post 21 Spesielle driftsutgifter, til GRID Arendals internasjonale arbeid med marin forsøpling. Det er vidare flytta 3 mill. kroner til posten frå kap. 1410 post 22 Miljøkartlegging til Sabima si drift av kartleggingskoordinatorar og gjennomføring av kartleggingar i Artsobservasjonar. I tillegg er det flytta 1,5 mill. kroner frå kap. 1400, post 71 Internasjonale kontingentar til Miljødirektoratets arbeid med rapporter i tilknytning til FN’s klimapanels 6. hovudsyklus. Det er òg flytta 4 mill. kroner til tiltak mot framande, skadelege organismar frå posten til ny post 83 under kap. 1420.

Naturmangfald og friluftsliv

Midlane er retta mot tiltak som skal medverke til måloppnåing på naturmangfald- og friluftslivsområdet.

Mål

Posten skal medverke til at Noreg oppfyller sine nasjonale og internasjonale plikter innan naturmangfald- og friluftsområdet.

Tildelingskriterium

Tiltaka er prioriterte med utgangspunkt i nasjonale mål og prioriteringar innanfor resultatområda naturmangfald og friluftsliv.

I 2020 blir det innanfor naturmangfaldområdet føreslått å gi tilskot til:

  • FN-organet Grid Arendal (4,5 mill. kroner)

  • SABIMA (3 mill. kroner), til drift av kartleggingskoordinatorar og gjennomføring av kartlegging i Artsobservasjonar

  • Norsk institutt for vassforsking (NIVA), (0,45 mill. kroner)

  • Norsk deltaking i Naturpanelets ekspertgrupper (2,2 mill. kroner)

  • Stiftelsen Norsk Naturarv (0,75 mill. kroner)

  • Friluftsrådas Landsforbund (2,8 mill. kroner), til å drifte og leie prosjektet som skal kartleggje og systematisk vidareutvikle suksessrike aktivitetstiltak innanfor friluftsliv for barn og unge i ferie og fritid. Midlane skal gå til løn, administrative utgifter og tiltak. Arbeidet skjer i samarbeid med Miljødirektoratet og dei sentrale friluftslivsorganisasjonane.

  • Sekretariat for etter- og vidareutdanning i samfunnsplanlegging (SEVS), (0,2 mill. kroner)

Oppfølging og kontroll

Årsrapportar og reviderte rekneskapar frå gjennomførte prosjekt dannar grunnlaget for ein generell formaliakontroll.

Rapport 2018

På dei øyremerka midlane til tiltak mot framande organismar kom det inn i alt 76 søknader på til saman 17,5 mill. kroner i 2018. Det blei tildelt midlar til 25 ulike prosjekt.

På det internasjonale området er det gitt driftsstøtte til GRID-Arendal, ForUM for miljø og utvikling. Støtta til GRID-Arendal er eit generelt basistilskot til drifta, og utgjer knapt 10 pst. av GRID-Arendals samla inntekter. GRID-Arendal hovudformål er å støtte FNs miljøprogram sitt arbeid gjennom utvikling, innhenting og bruk av vitskapleg basert miljøinformasjon og er ein viktig aktør i den globale innsatsen for å redusere marin forsøpling og i å styrke kunnskapen om blå skog og blått karbon.

0,45 mill. kroner vart utbetalt til NIVA, knytt til det internasjonale arbeidet i samband med European Topic Center for Water.

Kulturminne og kulturmiljø

Midlane er retta mot tiltak som skal medverke til måloppnåing på kulturminneområdet, jf. resultatområde Kulturminne og kulturmiljø.

Kriterium for måloppnåing

Alle midlane på posten blir gitt til øyremerkte formål og disponerte til oppfølging av etablerte samarbeidsavtaler og målretta utviklingstiltak.

Tildelingskriterium

Tiltaka er prioriterte med utgangspunkt i nasjonale mål og prioriteringar innanfor resultatområde Kulturminne og kulturmiljø.

I 2020 blir det føreslått innanfor kulturminneområdet å gi tilskot til:

  • Verdsarv-Unesco (4,3 mill. kroner)

    Noregs internasjonale engasjement under verdsarvkonvensjonen vart ført vidare frå hausten 2016, som ei 6-årig samarbeidsavtale mellom Klima- og miljødepartementet og Unescos rådgivande organ IUCN og ICCROM. Samarbeidet er organisert som eit programsamarbeid – «World Heritage Leadership – A new capacity building programme of ICCROM and IUCN» – og byggjer vidare på pilotsamarbeidet som vart gjennomført i 2015/2016.

  • Verdsarvsenter (13 mill. kroner)

    Dei fem autoriserte verdsarvsentra ved Vestnorsk fjordlandskap, Geiranger, Vegaøyan Verdsarv, Bergkunsten i Alta, Alta museum, Røros bergstad og Circumferensen, og industri-arva Rjukan – Notodden, får på bakgrunn av autorisasjonsordninga som er fastsett av Klima- og miljødepartementet etter gitte krav til drift og innhald i sentra årlege driftstilskot. Den totale ramma for ordninga utgjer i 2020 13 mill. kroner. Frå og med 2019 vart ordninga styrkt med 1,5 mill. kroner, med sikte på autorisasjon og driftsstøtte til verdsarvsenter ved Urnes. Ordninga er bygd opp etter tilsvarande modell som gjeld for besøkssenter for naturinformasjon.

  • Foreininga Freda (0,2 mill. kroner)

    Foreininga Freda vart etablert i 2006 som ein landsdekkjande interesseorganisasjon for private eigarar av hus og eigedom freda etter Kulturminnelova.

  • Bygg og Bevar (3,8 mill. kroner)

    Bygg- og bevar er ein nettportal mellom det offentlege, næringslivet og dei private eigarane. Tilskot går til Byggenæringens landsforbund (BNL). Bygg og Bevar er ei kommunikasjonsplattform for kunnskap og kompetanse på freda og verneverdige bygningar, ein sentral møteplass for eigarar av kulturhistoriske eigedommar og kvalifisert handverkskompetanse.

  • Arbeid med brearkeologisk sikringsarbeid i Oppland (0,5 mill. kroner)

    Brearkeologisk sikringsarbeid i Oppland fylkeskommune. Midlane til dette formålet går til sikring av dei kulturhistoriske verdiane som kan gå tapt ved at funn som kjem fram ved smelting av snøfonner og isbrear blir utsette for nedbryting. Den globale oppvarminga fører til at isen i høgfjellsområda gradvis smeltar. Frå 2011 har eit brearkeologisk sikringsprogram, under leiing av Kulturarveininga ved Oppland fylkeskommune, berga arkeologiske funn frå isen. Det brearkeologiske sikringsprogrammet i Oppland har sidan 2006 samla inn meir enn 2000 funn frå 50 funnstader, noko som utgjer meir enn halvparten av funna globalt, og meir enn 85 pst. nasjonalt. Dei arkeologiske funna frå isen gir eit sjeldan blikk inn i ei fortidsverd. Nasjonale og internasjonale klimaaktørar samarbeider rundt koplinga mellom funna og klima i fortid og notid.

  • Kulturminnedagen (0,4 mill. kroner)

    Noregs Kulturvernforbund er ein paraplyorganisasjon for frivillige organisasjonar som arbeider innanfor områda historie og kulturminnevern. Noregs Kulturvernforbund har koordineringsansvaret for den årlege markeringa av Kulturminnedagen og tilskotet går til dette formålet.

  • Etter- og vidareutdanning (EVU) (1,5 mill. kroner)

    Noregs teknisk naturvitskapelege universitet (NTNU) bachelorprogrammet i Tradisjonelt Bygghåndverk. Tilskotet skal medverke til å sikre tilgang på kvalifiserte handverkarar som kan setje i stand den freda bygningsmassen.

  • Fortidsminneforeininga (5 mill. kroner)

    Fortidsminneforeininga er landets eldste kulturvernorganisasjon, stifta i 1844 og har som mål å sikre verneverdige bygnings- og kulturmiljø. Foreininga er ein stor eigedomsforvaltar. Foreininga eig eigedommar rundt omkring i landet, blant dei åtte stavkyrkjer, Steinvikholm festning, to mellomalderloft, to gardar på Røros og lystgarden Vøienvolden i Oslo. Dei fleste av eigedommane er opne for publikum, og foreininga driv ei form for museumsverksemd. Foreininga får 5 mill. kroner øyremerkt museumsdrift.

  • Overføring av statens eigedommar på Røros (8,2 mill. kroner)

    Forvaltinga av statens eigedommar, som vart kjøpt i 1980 etter kopparverket på Røros, vart frå 2018 overført til Statsbygg. Dette skal sikre at byggverka blir i samsvar med myndigheitskrav, at staten etterlever forpliktingane etter verdsarvkonvensjonen og at vidare bruk og bevaring av eigedommane er i tråd med fredingsformålet. Bygningsvernsenteret ved Rørosmuseet i Musea i Sør-Trøndelag as (MiST) skal utføre antikvarisk istandsetjing og vedlikehald på eigedommane, som ledd i museet si forsking, dokumentasjon og formidling av bergverksverksemda. Tilskotet skal dekkje dei årlege forvaltingskostnadane.

  • Norges Verdensarv (1 mill. kroner)

    Norges Verdensarv er ein organisasjon om tek vare på interessene til dei åtte norske verdsarvområda. I dag er alle dei 20 kommunane med verdsarv medlemmar og sju av dei åtte fylkeskommunane som er involverte.

Oppfølging og kontroll

Det blir motteke rapportar og revidert rekneskap. Kontrollen skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll.

Rapport 2018

Følgjande tiltak fekk tilskot i 2018: Den internasjonale verdsarv, kapasitets- og kompetansebyggingsaktivitetar i regi av Unescos rådgivande organ IUCN og ICCROM som oppfølging av Noregs internasjonale engasjement under verdsarvkonvensjonen, og de fem autoriserte verdsarvsentene (Vega, Vestnorsk fjordlandskap, Alta, Røros og Circumferensen og Industriarven Rjukan-Notodden). I tillegg fekk følgjande tiltak tilskot i 2018: Foreininga Freda, Etter- og vidareutdanning (EVU), Bygg og Bevar, Klimapark 2469, Fortidsminneforeininga og Kulturminnedagen.

Forureining

Midlane er retta mot tiltak som skal medverke til måloppnåing på forureiningsområdet

Mål

Posten skal:

  • medverke til nasjonale tiltak slik at Noreg oppfyller sine internasjonale plikter innan forureiningar.

  • styrkje arbeidet med miljøspørsmål som er viktige for Noreg, og å få gjennomslag for norske miljøpolitiske prioriteringar internasjonalt.

Tildelingskriterium

Tiltaka er prioriterte med utgangspunkt i nasjonale mål og prioriteringar innanfor resultatområde forureining.

I 2020 blir det føreslått å gi tilskot til:

  • Matvett AS til arbeidet med reduksjon av matsvinn og for deira medverknad til oppfølging av avfallsstrategien (0,8 mill. kroner)

  • Norsk Institutt for Luftforsking (NILU) (3,321 mill. kroner). NILU gikk i 2019 frå å vere deltakar i «European Topic Centre on Air Pollution and Climate Change Mitigation» under The European Environment Agency (EEA) til å leie eit nytt «European Topic Centre on Air pollution, Transport, Noice and Industrial pollution» (ETC/ATNI). NILU er òg deltakar i «European Topic Centre on Climate Mitigation and Energy» (ETC/CME)

  • Meteorologiske institutt (0,3 mill. kroner)

  • Sekretariat for Conservation of Arctic Floraand Fauna (0,2 mill. kroner)

  • Sekretariat for avtala om vern av isbjørn (0,27 mill. kroner)

  • GRID Arendals arbeid med marin forsøpling (4,5 millioner) kroner)

  • Tilskot til NHO – til nasjonalt program for leverandørutvikling for klimasmarte offentlege anskaffingar (0,25 mill. kroner).

Oppfølging og kontroll

Det blir motteke rapportar og revidert rekneskap. Kontrollen skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll.

Rapport 2018

Det er gitt støtte til Matvett AS med å kartleggje og redusere matsvinn som ei oppfølging av avfallsstrategien og betalt kontingent til NHO for at Klima- og miljødepartementet skal medverke til leverandørutviklingsprogrammet.

Conservation of Arctic Flora and Fauna (CAFF) er Arktisk råds arbeidsgruppe for bevaring av arktisk biodiversitet. Klima- og miljødepartementet har gitt støtte til drifta av det internasjonale CAFF-sekretariatet i Akureyri på Island.

Vidare er det gitt tilskot til institutt som arbeider internasjonalt innanfor departementets resultatområde. Institutta har viktige internasjonale oppgåver og representerer Noreg i ulike samanhengar. Meteorologisk institutt har rolla som internasjonalt meteorologisenter under Konvensjonen om langtransportert grenseoverskridande luftforureining og Det europeiske samarbeidsprogrammet for overvaking og måling av luftforureiningar (EMEP). Tilskotet for 2018 er nytta til å vidareutvikle EMEP-modellen som vert nytta til å analysere spreiing, konsentrasjonar og avsetjingar av luftforureiningar. Slike modellanalysar vert nytta som grunnlag for forhandlingar om internasjonale avtaler om reduksjon i utslepp av luftforureiningar, til dømes Gøteborgprotokollen. Norsk institutt for luftforsking (NILU) arbeider som European Topic Centre on Air Pollution and Climate Change Mitigation under The European Environment Agency (EEA). Instituttet er vald ut til arbeidet for EEA i konkurranse med liknande institutt i andre europeiske land. EEA har som føresetnad at institutta kan finansiere delar av kostnadane som Topic Centre nasjonalt. Tilskotet frå Klima- og miljødepartementet dekkjer delar av kostnadene ved NILU sitt arbeid for EEA. Arbeidet Meteorologisk institutt og NILU utfører for EMEP og EEA utgjer òg viktig grunnlag for utvikling av lovgiving i EU på desse fagområda.

Noregs forskingsråd har fått eit ekstra tilskot til samarbeid med EU om strålevernforsking. Bidraget til EUs strålevernprogram sikrar norske forskarar tilgang på midlar og eit felles europeisk forskingsmiljø med fokus på verknaden av radioaktiv forureining av miljøet og grunnlag for å etablere rammeverk for vern av miljøet. Programmet fører saman nøkkelaktørar innan radioøkologisk forsking i Europa og har stor meirverdi for norske aktørar og den kunnskapsbaserte statsforvaltinga. Det er i 2018 utbetalt til saman 2 mill. kroner til dette formålet frå KLD.

Midlane til internasjonale tiltak på miljøgifter vart i 2018 utbetalt til dei internasjonale konvensjonane på kjemikaliar.

Klima

Klimaområdet er delt inn i to underområde, nasjonalt og internasjonalt.

Nasjonalt

Midlane er retta mot tiltak som skal medverke til måloppnåing på det nasjonale klimaområdet.

Mål

Posten skal:

  • medverke til nasjonale tiltak slik at Noreg oppfyller sine internasjonale plikter innan klima og nasjonale mål innanfor dette resultatområdet.

  • styrkje arbeidet med miljøspørsmål som er viktige for Noreg, og å få gjennomslag for norske miljøpolitiske prioriteringar internasjonalt.

Tildelingskriterium

Tiltaka er prioriterte med utgangspunkt i nasjonale mål og prioriteringar innanfor resultatområde klima.

I 2020 blir det føreslått innanfor det nasjonale klimaområdet å gi tilskot til:

  • Reisestøtte i samband med internasjonale klima- og miljømøte (0,35 mill. kroner)

  • FNs klimapanel (IPCC) 6. hovudsyklus (7,5 mill. kroner)

  • Nasjonalt senter for berekraftig omstilling (NABO) (0,5 mill. kroner)

  • ForUM for Utvikling og Miljø (0,45 mill. kroner)

  • Støtte for CENs standardiseringsarbeid (0,2 mill. kroner)

Oppfølging og kontroll

Det blir motteke rapportar og revidert rekneskap. Kontrollen skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll.

Rapport 2018

Innovasjon Noreg (IN) har forvalta pilotordninga for biogass. Ordninga vart evaluert av Vista Analyse hausten 2018. Vista Analyse konkluderer med at formålet kan dekkjast av andre eksisterande tilskotsordningar. Med grunnlag i konklusjonane frå evalueringa, har Klima- og miljødepartementet bestemt å leggje ned ordninga. I revidert nasjonalbudsjett 2019, vart dei ubrukte midlane overførte frå pilotordninga til bioøkonomiordninga under Innovasjon Noreg.

Det vart gitt tilskot til Nasjonalt senter for berekraftig omstilling (NABO) på 0,5 mill. kroner. Midlane har mellom anna blitt brukt til å støtte etableringa av nye nabolagsnettverk som arbeider med lokale berekraftsløysingar.

ForUMs verksemd i 2018 var i tråd med deira handlingsplan og omfatta sentrale saksområde for Klima- og miljødepartementet, blant anna FN-toppmøte om biologisk mangfald (CBD), klimaforhandlingane (UNFCCC) og Oslo Tropical Forest Forum. ForUMs aktivitet på områda medverka til å setje fokus på saksfelt som er sentrale for Klima- og miljødepartementet, og medverka til koordinerte innspel frå sivilsamfunn. I 2018 gav Klima- og miljødepartementet 0,45 mill. kroner i driftsstøtte til ForUM

Det vart gitt reisestønad til ulike norske ideelle organisasjonar for deltaking i møte mellom anna i dei internasjonale klimaforhandlingane. Noreg har støtta arbeidet med rapportar i tilknyting til FNs klimapanels 6. hovudsyklus, mellom anna gjennom støtte til norske forskarar som medverkar i arbeidet med rapportane.

Internasjonalt

Midlane er retta mot tiltak som skal medverke til måloppnåing på det internasjonale klimaområdet.

Mål

Posten skal styrkje arbeidet og internasjonale prosessar på klimaområdet som er viktige for Noreg, og få gjennomslag for norske miljøpolitiske prioriteringar internasjonalt.

Tildelingskriterium

Tiltaka er prioriterte med utgangspunkt i nasjonale mål og prioriteringar innanfor klimaområdet der styrkt internasjonalt samarbeid er heilt naudsynt for å møte klimautfordringa og oppnå det langsiktige temperaturmålet.

I 2020 blir det føreslått innanfor det internasjonale klimaområdet å gi tilskot til:

  • Climate and Clean Air Coalition, (CCAC) (9,0 mill. kroner). Noregs bidrag til Koalisjonen for klima og rein luft sitt Trust Fund under UNEP for arbeidet med å redusere utslepp med klimaeffekt på kort sikt og negative helseeffektar.

  • Internasjonalt klimaarbeid som understøttar utvikling av forpliktande internasjonalt samarbeidet under Parisavtala (8,0 mill. kroner). (Støtte til konferansar, møte, seminar, tilskot til internasjonale organisasjonar osv.).

Vidare skal midlane nyttast til:

  • Klimasekretariatets arbeid med å støtte gjennomføring av Parisavtala og Klimakonvensjonen (10,0 mill. kroner). Dette blir gitt i fullmakt til UD som saman med midlar over UDs eige budsjett utbetaler samla støtte til sekretariatet for Klimakonvensjonen.

  • FNs klimapanel 4,0 mill. kroner (1,0 mill. kroner er øyremerkte til IPCCs arbeid metodeutvikling for kortlevde klimadrivarar (SLCF)).

Oppfølging og kontroll

Det blir motteke rapportar og revidert rekneskap. Kontrollen skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll.

Rapport 2018

Klima- og miljødepartementet gav i 2018 støtte på 8 mill. kroner til Koalisjonen for klima og rein luft (CCAC) sitt arbeid med å redusere utslepp med klimaeffekt på kort sikt, hovudsakleg metan, hydrofluorkarbonar og svart karbon. Innsatsen er retta mot kunnskapsutvikling og tiltak i sektorar som blant anna avfall, olje- og gass, tungtrafikk og landbruk.

Det vart gitt støtte til internasjonale prosessar for å styrkje internasjonalt klimasamarbeid. Klima- og miljødepartementet har bl.a. prioritert prosessar som støttar opp om gjennomføring og regelverksutvikling under Parisavtala og har gitt støtte til arbeid under OECD, Cartagena-dialogen for samarbeid mellom progressive land, samarbeid mellom møteleiarane i regelverksutviklinga, den uformelle forhandlingsdialogen under C2ES, arbeid under Høgambisjonskoalisjonen og å støtte involvering frå ungdom i klimaforhandlingane. Det vart òg gitt støtte/tilskot til ymse møte i samband med internasjonalt klimaarbeid der Klima- og miljødepartementet har ei sentral rolle.

Det vart utbetalt 6 mill. kroner til CIBIT (Capacity-Building Initiative for Tranparency Fund) til arbeidet med kapasitetsbygging for deltaking og rapportering i Parisavtala.

Kap. 4400 Klima- og miljødepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

02

Ymse inntekter

83

441

455

03

Refusjon frå Utanriksdepartementet

2 023

1 817

30 565

Sum kap. 4400

2 106

2 258

31 020

Post 02 Ymse inntekter

Under denne posten fører departementet meir tilfeldige inntekter. Prosjektmidlar frå Nordisk Ministerråd blir òg førte her. Meirinntekter under denne posten gir grunnlag for tilsvarande meirutgifter under kap. 1400 post 01 Driftsutgifter, jf. forslag til vedtak II.

Post 03 Refusjon frå Utanriksdepartementet

Det er budsjettert med 30,575 mill. kroner i refusjon frå Utanriksdepartementet i samband med utgifter til medlemskap i Den internasjonale naturvernunionen (IUCN), Konvensjon om internasjonal handel med truede arter, FNs klimasekretariat, FNs rammekonvensjon om klimaendringar, Montrealprotokollen og FNs miljøprogram, som alle er utgiftsført over kap. 1400 post 71 Internasjonale organisasjonar.

Kap. 1410 Kunnskap om klima og miljø

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

21

Miljøovervaking

270 750

277 297

268 937

22

Miljøkartlegging

100 579

122 208

23

MAREANO, kan overførast

44 386

45 577

50

Basisløyvingar under Noregs forskningsråd til miljøforskingsinstitutta

186 837

191 294

200 961

51

Forskingsprogram under Noregs forskningsråd

275 959

293 105

334 753

53

Internasjonalt samarbeid om miljøforsking

6 737

6 897

7 083

70

Nasjonale oppgåver ved miljøforskingsinstitutta

54 441

38 007

38 007

72

Tilskot til GenØk – Senter for biotryggleik

5 000

5 145

5 145

Sum kap. 1410

799 724

956 710

1 022 671

Kap. 1410 Kunnskap om klima og miljø omfattar midlar til å utvikle eit heilskapleg kunnskapsgrunnlag på tvers av resultatområda. Dette omfattar mellom anna miljøovervaking, miljøkartlegging, under dette arbeidet med det økologiske grunnkartet, basisløyvingar til miljøforskingsinstitutta, forskingsprogram i Noregs forskingsråd, og andre tilskot til miljøforskingsinstitutta. Kapitlet rettar seg mot alle resultatområda.

Klima- og miljøpolitikken skal vere kunnskapsbasert. I Klima- og miljødepartementets kunnskapsstrategi 2017–2020 er det beskrive både sektoransvaret og det sektorovergripande arbeidet for å sikre ei kunnskapsbasert forvaltning. Kartlegging er definert som å hente inn stadfesta informasjon. Overvaking er definert som langsiktig og jamleg å hente inn informasjon etter ein fastsett metodikk. Overvakingsdata er ofte stadfesta, men ikkje alltid. Grunnleggjande geografisk informasjon som plandata, eigedomsdata og andre geodata er òg ein føresetnad for ein effektiv klima- og miljøpolitikk.

Kunnskap om klima og miljø er i aukande grad ein viktig føresetnad for avgjerder som blir fatta på mange samfunnsområde. For å kunne ta omsyn til viktige miljøverdiar er det naudsynt å ha stadfesta informasjon om arter, naturtypar, kulturminne og landskap og andre høve som kan ha innverknad på miljøverdiane.

For å få kunnskap om korleis miljøtilstanden utviklar seg treng vi tidsseriar med overvakingsdata samla over lang tid. Vi treng òg overvaking av klimaendringar, forureiningar og andre viktige faktorar som har påverknad på miljøet.

Forsking er naudsynt for å sikre best moglege metodar for innsamling av overvakingsdata. Kompetansen i forskingsmiljøa er òg sentral når overvakingsresultat skal tolkast. Miljøforvaltninga skal sikre bruk av ny teknologi og kostnadseffektive løysingar i kartlegging- og overvakingsarbeidet. Der det er relevant og føremålstenleg skal anskaffingar vere «teknologinøytrale» og basert på ytings- og funksjonsspesifikasjonar.

I oktober 2018 la regjeringa fram Meld. St. 4 (2018–2019) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2019–2028. Langtidsplanen inneheld tiårige mål og prioriteringar og tre opptrappingsplanar for perioden 2019–2022. For nærare omtale av regjeringas forslag til oppfølging av langtidsplanen i 2020 og den samla FoU-innsatsen, sjå del III, kap. 5, i Prop. 1 S for Kunnskapsdepartementet. I tillegg gir dokumentet Klima- og miljødepartementets prioriterte forskingsbehov (2016–2021) informasjon om særskilte behov på klima- og miljøområdet.

Kunnskapsdepartementet har saman med fleire departement, under dette Klima- og miljødepartementet, sett i gang eit arbeid med å vurdere instituttsektorens rolle i forskings- og innovasjonssystemet. Norske forskingsinstitutt har ein unik posisjon som bindeledd mellom akademia og kundar, og sektoren er sentral for innovasjon og grønt skifte. Instituttprosjektet skal leggje grunnlaget for ein heilskapleg instituttpolitikk. Prosjektet gjennomgår dei sentrale tema i dagens politikk og foreslår nokre justeringar og nye element.

Alle postane under kap. 1410, unnateke postane 70 og 72, har fått priskompensasjon.

Post 21 Miljøovervaking

Midlane under posten dekkjer dei fleste resultatområda.

Posten er samla sett redusert med om lag 8,3 mill. kroner. Det er flytta 21,93 mill. kroner frå posten til post 22 under kap. 1410 for å samle alle midlane til kartlegging på ein post. Ved ein feil blei dette ikkje gjennomført i 2019-budsjettet. Det er lagt inn 9,6 mill. kroner frå postane 21 og 22 under kap. 1420 for å samle overvakingsmidlane på denne posten. I tillegg er posten auka med 1 mill. kroner til Forskingsrådets arbeid med EUs strålevernforsking. Løyvinga til dette arbeidet er no til saman 2 mill. kroner. Posten dekkjer utgifter til å hente inn miljødata knytt til overvaking av tilstand, påverknader og effektar av desse på naturmiljøet og kulturminne. Posten inneheld òg midlar til infrastruktur for miljødata, under dette etablering av og drift av ulike databasar. Oversikt over status og utvikling for indikatorar for dei nasjonale klima- og miljømåla, som mellom anna byggjer på data som er skaffa fram med midlar frå denne posten, går fram av Miljøstatus.no.

Miljøovervaking gir grunnlag for å setje mål for miljøpolitikken, vurdere i kva grad dei nasjonale miljømåla blir oppnådde og kva slag miljø- og helseverknader ein oppnår med verkemiddelbruk og tiltak. I tillegg pliktar Noreg gjennom ei rekkje internasjonale miljøavtaler å dokumentere utviklinga i miljøet og dei faktorane som påverkar miljøtilstanden. Noreg deltek òg i ei rekkje internasjonale overvakingsprogram. Resultata frå desse programma er det viktigaste grunnlaget for revisjon av eksisterande internasjonale avtaler og etablering av nye. Mange endringar i miljøtilstanden skjer gradvis og over lang tid. Overvakingsprogramma må derfor gå over fleire år for å sikre eit godt kunnskapsgrunnlag for tiltak og politikkutvikling for å nå nasjonale mål.

Naturovervakinga omfattar overvaking av status og utvikling for arter og naturtypar, under dette mellom anna sjøfuglprogrammet SEAPOP (inkludert SEATRACK), bestandsovervaking av rovvilt, og overvaking av tareskog. Overvaking av påverknader og effektar omfattar mellom anna overvaking av forureiningar og farlege kjemikaliar, og effektar av klimaendringar. Nokre midlar går òg til overvaking av kulturminne og kulturmiljø.

Rapport 2018

Midlane på posten gjekk i 2018 til ei rekkje ulike overvakingsprogram, som er langsiktige og som dekkjer ulike miljøtema som naturmangfald, klima, forureining og miljøgifter, og kulturminne. Overvakinga vert koordinert av direktorata, og resultata vert rapporterte til departementet. Lange tidsseriar og data frå miljøovervakinga inngår i nasjonale miljøindikatorar og vert formidla på Miljøstatus.no og direktorata sine nettsider. Resultat frå overvakinga vert òg publiserte gjennom fagrapportar som blir gitt ut av direktorata og dei institutta og forskingsmiljøa som gjennomfører overvakinga. Miljødirektoratet koordinerer overvaking som gjeld natur, klima og forureining. Dette omfattar overvaking av luft, terrestrisk miljø, ferskvatn og kystvatn. Polarinstituttet koordinerer polarovervaking, og Direktoratet for strålevern og atomtryggleik koordinerer overvaking knytt til radioaktivitet. Riksantikvaren koordinerer overvaking av kulturminne og kulturmiljø.

Relevante overvakingsdata frå naturovervaking inngår i produksjonen av Naturindeks for Noreg, som er ein hovudindikator for det nasjonale målet om at økosystema skal ha god tilstand og levere økosystemtenester. Overvakingsdata vert oppdaterte kvart år, mens ei samla oppdatering av heile naturindeksen skjer kvart femte år. Overvakingsdata frå naturovervakinga er òg grunnlag for indikatorsystemet knytt til fagsystem for fastsetting av økologisk tilstand.

Post 22 Miljøkartlegging

Midlane under posten dekkjer dei fleste resultatområda. Posten dekkjer utgifter til å hente inn stadfesta (koordinatbestemt) miljøinformasjon frå kartlegging, det vil seie alle typar av eingongsinnhenting av stadfesta informasjon. Arbeid med naturkartlegging og etablering av det økologiske grunnkartet utgjer ein stor del av midlane på posten. Det blir òg nytta midlar frå posten til å byggje opp digital infrastruktur for innsamling og formidling av stadfesta økologiske data og til Artsdatabanken sitt arbeid med å gjere grunnkartet tilgjengeleg for samfunnet. Metoden som er nytta i naturkartlegginga byggjer på inndelings- og beskrivingssystemet Natur i Noreg (NiN). Det økologiske grunnkartet omfattar ei samling av kartdata med stadfesta informasjon om blant anna naturtypar, arter og landskapstypar. Summen av desse kartdata vil saman gi eit økologisk grunnkart for Noreg, og gi grunnlag for ei kunnskapsbasert forvalting av norsk natur.

Data frå miljøkartlegging er, likeeins med data frå miljøovervaking, ein viktig del av grunnlaget for Miljøstatus.no.

Posten er samla sett auka med om lag 21,6 mill. kroner. Det er flytta om lag 21,9 mill. kroner til posten frå post 21, jf. omtale under post 21. Det er flytta 3 mill. kroner frå posten til kap 1400 post 76 til SABIMA si drift av kartleggingskoordinatorar og gjennomføring av kartlegging i Artsobservasjonar.

Rapport 2018

Posten var ny i 2019, og det er difor ikkje rapportering for 2018.

Post 23 MAREANO, kan overførast

Midlane under posten dekkjer dei fleste resultatområda.

Posten dekkjer Klima- og miljødepartementets del av utgiftene til MAREANO-programmet. MAREANO-programmet kartlegg havbotnen i norske havområde, gjennom systematisk innsamling av data om djupn og om havbotnen sin geologi, landskap, naturmangfald og forureining. Føremålet med kartlegginga er å medverke til ein kunnskapsbasert forvalting av dei havbaserte næringane og dei marine økosystema. MAREANO-programmet set ein ny standard for kunnskap om havbotnen, og har vekt internasjonal merksemd. Det vurderast å opne opp for at MAREANO-programmet fra 2021 også gjennomfører noko kartlegging inn mot kysten.

Rapport 2018

Posten var ny i 2019. Sjå tekst under kap. 1424 for rapport på bruken av løyvinga til MAREANO i 2018.

Post 50 Basisløyvingar til miljøforskingsinstitutta

Midlane under posten dekkjer dei fleste resultatområda.

Posten er samla sett auka med om lag 9,6 mill. kroner. Det er rammeoverført 4,5 mill. kroner frå Nærings- og fiskeridepartementets kap. 920, post 50 «Basisløyvingar til dei teknisk-industrielle institutta». Saka er at den delen av basisløyvinga til dei teknisk- industrielle institutta som gjekk til miljøforsking ved to av institutta som går inn i NORCE, IRIS og Norut, er overført til fordelingsarena for miljøinstitutta.

Posten dekkjer no grunnløyvinga til fordelingsarena for miljøinstitutta. Midlane som tidlegare gjekk til strategiske instituttløyvingar blir no tildelte som ein del av grunnløyvinga til institutta. Dette gjeld også midlane som tidlegare gjekk til strategiske instituttløyvingar ved Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) på fordelingsarena for primærnæringsinstitutt.

Frå og med 2018 blei 10 pst. av grunnløyvinga omfordelt etter oppnådde resultat på resultatindikatorar som vitskapleg publisering, samarbeid med universitet og høgskular, internasjonale inntekter, inntekter frå Noregs forskingsråd og nasjonale oppdragsinntekter.

Mål

Fordelingsarenaen for miljøinstitutta inkluderer Norsk institutt for luftforsking (NILU), Norsk Institutt for naturforsking (NINA), Norsk institutt for Kulturminneforsking (NIKU), Norsk institutt for vassforsking (NIVA), Senter for klimaforsking (CICERO), Nansensenteret (NERSC – Nansen Environmental and Remote Sensing Center), Transportøkonomisk institutt (TØI) og delar av forskingskonsernet NORCE. Dei skal fungere som nasjonale kompetansesenter og ha ei kunnskapsstrategisk rolle overfor miljøforvaltinga, og skal innanfor sine område tilfredsstille samfunnet sitt behov for å løyse problem på kort og lang sikt.

Oppfølging og kontroll

Det blir motteke årsrapportar og reviderte rekneskapsoversyn for løyvingane frå Noregs forskingsråd, og kontroll skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll. For oppfølging av årsrapporten vil det bli halde møte med Forskingsrådet og det enkelte instituttet for drøftingar av miljøforvaltingas kunnskapsbehov.

Rapport 2018

Midlane på posten vart nytta til å dekkje grunnløyvinga og dei strategiske instituttløyvingane til fordelingsarena for miljøinstitutta, og strategiske instituttløyvingar til Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) på fordelingsarena for primærnæringsinstitutt.

Post 51 Forskingsprogram m.m.

Midlane under posten er retta mot forskingsprogram innanfor alle resultatområde. Midlane under posten blir kanaliserte gjennom Noregs forskingsråd.

Mål for miljøforskinga er å medverke til å styrkje kunnskapsgrunnlaget for eit effektivt miljøarbeid med stor vekt på relevans og for ei berekraftig ressursforvalting og samfunnsplanlegging. Miljøforskinga skal gi eit godt kunnskapsunderlag for nasjonale forvaltingsoppgåver, for avgjerder i politikkutforming og som grunnlag for internasjonalt miljøsamarbeid.

Hovudvekta er lagt på forsking om klimaendringar og klimaomstilling, under dette forsking på biologiske og samfunnsvise effektar av klimaendringar. Forskingsinnsatsen for å nå mål om omstilling til eit lågutsleppssamfunn, med særleg fokus på utvikling av løysingar i ikkje kvotepliktige utsleppssektorar, hadde i 2019 ei ramme på 91,5 mill. kroner.

Regjeringa styrkjer satsinga på forsking for omstilling til lågutsleppsamfunnet, teknologiutvikling for det grøne skiftet og vellykka klimatilpassing med 35 mill. kroner til Noregs forskingsråd. Dei nye rapportane frå FNs naturpanel og IPPC spesialrapport om landareal viser at klimautfordringane og tap av naturmangfald må sjåast i samanheng. Klima- og miljøutfordringane er komplekse og tverrfaglege. For å ta gode heilskaplege avgjerder treng vi meir kunnskap om koplingane mellom dei ulike fagområda.

Posten er samla sett auka med om lag 41,6 mill. kroner. Det er rammeoverført 0,6 mill. kroner til finansiering av eit havsekretariat i Noregs forskingsråd, over kap. 285 post 55 under Kunnskapsdepartementet. Eit slikt havsekretariat finansiert over rådets verksemdsbudsjett skal gi strategiske råd og tilrådingar om forsking og utvikling retta mot berekraftig bruk og forvalting av havet og delta i ulike nasjonale og internasjonale prosessar.

Oppfølging og kontroll

Departementet får årsrapportar frå Noregs forskingsråd. Rapportane er utarbeidde på bakgrunn av innspel frå programstyra. I tillegg er representantar frå miljøforvaltinga valde inn i porteføljestyra.

Mål for Noregs forskingsråd

Noregs forskingsråd er ein sentral aktør i det norske forskings- og innovasjonssystemet og eit viktig verkemiddel for å nå regjeringas forskingspolitiske mål. Regjeringa har fastsatt fem mål for Forskingsrådet. Måla er:

  • auka vitskapeleg kvalitet

  • auka verdiskaping i næringslivet

  • å møte store samfunnsutfordringar

  • eit vel fungerande forskingssystem

  • god rådgiving

Måla er felles for alle departementa. Kunnskapsdepartementet har i samarbeid med departementa og Forskingsrådet utarbeidd eit styringssystem for departementa si styring av Forskingsrådet. Samla resultat av verksemda til Noregs forskingsråd i 2018 er omtalt i Prop. 1 S for Kunnskapsdepartementet.

Rapport 2018

I 2018 vart løyvinga nytta til finansiering av forskingsprogramma Miljøforsk, Marinforsk, Klimaforsk, Energix, Bedre helse, Polarforskingsprogrammet og Program for romforsking.

Post 53 Internasjonalt samarbeid om miljøvernforsking

Posten er auka med 0,2 mill. kroner i høve til 2019.

Mål

Tilskotet er kontingent for medlemskap i International Institute for Applied Systems Analysis (IIASA). IIASA er eit internasjonalt forskingsinstitutt som mellom anna medverkar med analysar til arbeidet med internasjonale miljøavtaler. Instituttet medverkar til internasjonale forhandlingar om klima og luftforureiningar med sin kompetanse innanfor scenarioutvikling, integrert vurdering av langsiktig policy for utsleppsreduksjonar på tvers av land og utvikling av strategiar for å redusere effektane av klimaendringar. Bidrag frå instituttet utgjer eit naudsynt grunnlag for dei internasjonale forhandlingane om reduksjon av sur nedbør og andre konsekvensar av luftforureiningar. Instituttet spelar òg ei sentral rolle som rådgivar i EUs arbeid med klima og luftforureiningar.

Oppfølging og kontroll

Kontingenten blir overført Noregs forskingsråd, som tek hand om den norske medlemskapen.

Post 70 Nasjonale oppgåver ved miljøforskingsinstitutta

Mål

Målet er å syte for at Norsk institutt for luftforsking (NILU), Norsk Institutt for naturforsking (NINA), Norsk institutt for kulturminneforsking (NIKU), Norsk institutt for vassforsking (NIVA), Senter for klimaforsking (Cicero) og Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) har ressursar til fagleg rådgiving til miljøforvaltinga, til deltaking og fagleg støtte for miljøforvaltinga i nasjonale og internasjonale organ ved behov, til informasjons- og databasetenester overfor forvaltinga, under dette vedlikehald av relevante nasjonale databasar, og driftsstilskot til ulike forskingsstasjonar.

Det ligg òg inne 4,7 mill. kroner i driftsstøtte til Forskingssenter for miljø og samfunn (CIENS) som har ansvar for å drifte Miljøprøvebanken.

Oppfølging og kontroll

Det er ein føresetnad at institutta drøftar prioriteringar og planar for gjennomføring med relevante etatar og Klima- og miljødepartementet. Det blir motteke rapportar og reviderte rekneskapsoversyn for løyvingane, og kontroll skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll.

Rapport 2018

I 2018 vart løyvinga mellom anna nytta til deltaking og fagleg støtte for miljøforvaltinga i nasjonale og internasjonale organ, databasetenester, oppretthalde algesamling som nasjonal referansesamling, vidareutvikling av kunnskapsgrunnlaget for forvaltinga av ville laksebestandar, nasjonal beredskap for konservering av kulturhistorisk viktige gjenstandar, driftsstøtte for målestasjonane på Zeppelinfjellet og Trollhaugen i polarområda, referanselaboratorium for målingar av luftforureining og atmosfærisk korrosjon, vidareutvikling og drift av Miljøprøvebanken og til vidareføring av viktige lange overvakingstidsseriar.

Post 72 Tilskot til GenØk – Senter for biotryggleik

Posten er ført vidare med same løyving som i 2019.

Mål

Løyvinga skal støtte utviklinga av GenØk – Senter for biotryggleik som eit kompetansesenter på genteknologi. GenØk skal drive forsking, informasjon og rådgiving om helse og miljøkonsekvensar ved bruk av genteknologi og genmodifisering, for å sikre trygg bruk av genteknologi.

Oppfølging og kontroll

Det er ein føresetnad at instituttet drøftar prioriteringar og planar for gjennomføring, med Miljødirektoratet og Klima- og miljødepartementet. Det blir motteke rapport og reviderte rekneskapsoversyn for løyvingane, og kontroll skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll. Det skal haldast årlege møte med instituttet for å drøfte prioriteringar.

Rapport 2018

I 2018 blei løyvinga nytta til fagleg rådgiving til miljøforvaltinga, mellom anna i form av rapportar til Miljødirektoratet i samband med GMO-høyringar, rådgiving om genmodifiserte vaksinar, og til forskingsprosjekt for å utvikle vidare kunnskapsgrunnlaget for vurdering av helse- og miljøkonsekvensar av genmodifiserte organismar. Dette er prosjekt innan mikro- og molekylærbiologi, immunepidemiologi og økologi, virologi, økotoksikologi og økosystem, og samfunnsvitskaplege aspekt ved moderne bio- og nanoteknologi.

Kap. 1411 Artsdatabanken

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Driftsutgifter

30 549

32 020

32 587

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 70

17 956

8 883

7 122

70

Tilskot til arter og naturtypar, kan overførast, kan nyttast under post 21

29 456

28 890

29 666

Sum kap. 1411

77 961

69 793

69 375

Artsdatabanken er ein nasjonal kunnskapsbank om naturmangfald i Noreg. Artsdatabanken si viktigaste oppgåve er å gjere oppdatert kunnskap om naturtypar, arter og populasjonar lett tilgjengeleg for samfunnet. Mellom anna lagar Artsdatabanken raudliste for arter, raudliste for naturtypar, dei gjer risikovurderingar for framande arter i Noreg, utviklar type- og beskrivingssystem for natur (Natur i Noreg), og har viktige oppgåver i arbeidet med å etablere det økologiske grunnkartet.

Artsdatabanken er ein fagleg uavhengig og bruttobudsjettert etat med eige styre. Det faglege sjølvstendet, og styret sitt ansvar og oppgåver, er nedfelt i Artsdatabanken sitt mandat og instruks.

Post 01 Driftsutgifter

Midlane under posten er retta mot resultatområde naturmangfald.

Løyvinga dekkjer dei ordinære driftsutgiftene for Artsdatabanken. Om lag tre fjerdedelar av løyvinga gjeld løn til dei tilsette. Resten av løyvinga går til å dekkje husleige, fornying av materiell, inventar og utstyr, blant anna drift og utvikling av IT-anlegget, reiseutgifter, kurs- og konferanseverksemd og tiltak for kompetanseutvikling.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttes under post 70

Midlane under posten er retta mot resultatområde naturmangfald.

Posten dekkjer utgifter til mellom anna Artsdatabankens kjøp av tenester til Artsprosjektet, arbeid med raudlister, risikovurderingar av framande organismar, arbeidet med Artsobservasjonar og arbeid med Global Biodiversity Information Facility (GBIF) som gjer data om naturmangfald fritt tilgjengelege på internett.

Posten er redusert med 2 mill. kroner som i 2019 vart lagt inn som eit eingongsbeløp til ny datainfrastruktur.

Løyvinga kan overskridast mot tilsvarande meirinntekt under kap. 4411 post 02.

Rapport 2018

I 2018 vart løyvinga nytta til ferdigstilling og publisering av ny Framandliste for Noreg, og med omfattande oppfølging av resultata i etterkant. Midlar har òg vore nytta til ferdigstilling og publisering av ny Raudliste for naturtypar, og til drift av Artsprosjektet. Midlar har vidare vore nytta til tenestekjøp og investeringar knytt til nye kontorlokale, systemutvikling av Artskart og Artsobservasjonar, og administrative støttefunksjonar som ny bruttofinansiert verksemd. Overførte midlar frå 2017 har vore nytta til kunnskapsoppbygging innan økologisk grunnkart.

Post 70 Tilskot til arter og naturtypar, kan overførast, kan nyttast under post 21

Midlane under posten er retta mot resultatområde naturmangfald.

Posten dekkjer tilskot til kunnskapsoppbygging om arter og naturtypar i Noreg.

Mål

Tilskotsordninga skal styrkje kunnskapen om mangfaldet av arter i Noreg til beste for allmenta, forvalting og forsking slik at vi i framtida er betre rusta til å forvalte naturmangfaldet.

Kriterium for måloppnåing

Det skal leggjast særleg vekt på kartlegging og dokumentasjon av dårleg kjende arter og artsgrupper i Artsprosjektet. Tilskotsordninga kan òg nyttast til å byggje kunnskap om naturvariasjon basert på Natur i Noreg (NiN), styrkje kompetansebygging innan naturmangfald og styrkje formidling av arter og naturtypar i Noreg. Tilskot kan vidare nyttast til å fremje brukarstøtte og kvalitetssikring av Artsfunn i Artsobservasjonar, og til å medverke til at data om arter og naturtypar blir tatt i bruk.

Tildelingskriterium

Midlane til Artsprosjektet er særleg retta mot vitskapelege institusjonar. For andre føremål kan institusjonar, stiftingar, føretak og frivillige organisasjonar også få tilskot

Oppfølging og kontroll

Alle tilskotsmottakarar leverer rapportar som syner den kunnskapsproduksjon som tilskotet har finansiert, samt reviderte rekneskap frå gjennomførte prosjekt. Det vert stilt krav om open data-deling og bruk av opne lisensar for data-deling og gjenbruk.

Rapport 2018

Størstedelen av midlane vart nytta som tilskot til kartlegging og dokumentasjon av dårleg kjende arter og artsgrupper i Artsprosjektet. I 2018 har Artsprosjektet kome med mykje ny kunnskap om dårleg kjende arter. Frå 2009 til 2018 er det funne nærare 3000 nye arter for Noreg. Av desse er om lag 350 av dei nye artene frå kartleggingsprosjekt som blei avslutta i 2018. DNA-strekkoding i NorBOL-nettverket har løfta kunnskapsgrunnlaget om norske arter vesentleg. Forskarskulen i biosystematikk (ForBio) har styrkt og vidareutvikla kompetansen og kapasiteten i dei taxonomiske fagmiljøa i Noreg.

Artsobservasjonar er framleis ein stor suksess. Den har passert 20 millionar observasjonar, og er den største enkeltdatabasen for arter i Noreg. Artsdatabanken har i 2018 lagt stor vekt på arbeidet med kvalietssikring av artsfunna, og har nytta midlar frå posten til dette.

Kap. 4411 Artsdatabanken

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

02

Ymse inntekter

17 061

417

428

Sum kap. 4411

17 061

417

428

Post 02 Ymse inntekter

På posten er det ført ymse inntekter, primært inntekter frå eksterne oppdragsgivarar. Dei tilsvarande utgiftene er budsjetterte under kap. 1411 post 21.

Kap. 1411 post 21 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II.

Kap. 1412 Meteorologiformål

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

50

Meteorologisk institutt

302 389

313 882

339 635

70

Internasjonale samarbeidsprosjekt

148 560

172 566

146 127

Sum kap. 1412

450 949

486 448

485 762

Ansvaret for Meteorologisk institutt vart flytt frå Kunnskapsdepartementet til Klima- og miljødepartementet med verknad frå 1. januar 2018.

Post 50 Meteorologisk institutt

Meteorologisk institutt (MET) står for den offentlege meteorologiske tenesta for sivile og militære formål i Noreg. Meteorologisk institutt sitt arbeid med å overvake og varsle vêr, er ein kritisk samfunnsfunksjon.

Instituttet lagar vêrvarsel for samfunnet generelt gjennom vêrvarslingssentralane i Tromsø, Bergen og Oslo. I tillegg er observasjonsstasjonar spreidde over heile landet og i Arktis. Meteorologisk institutt er blant dei fremste kunnskapsmiljøa i Noreg på klimaendringar. Instituttet har ei viktig rolle i å førebu Noreg på eit endra klima, blant anna gjennom leiinga av Klimaservicesenteret (KSS). Observasjonane frå nordområda er òg med på å dokumentere klimaendringar. Meteorologisk institutt er dessutan aleine om å ha personell på Bjørnøya og Hopen, og sikrar i så måte norsk nærvær.

MET må ha eit observasjonsnettverk som dekkjer Noreg, våre havområde og Svalbard tilstrekkeleg godt til å utarbeide vêrvarsel av høg kvalitet og studere klimaet. METs observasjonsnettverk inkluderer automatiske og manuelle målestasjonar, referansestasjonar for klima, stasjonar i Arktis og vêrradarar. Observasjonsnettverk til instituttet er monaleg utvida dei siste 10 åra og krev betydelege middel til drift, vedlikehald og fornying. For å sikre ei forsvarleg forvalting og fornying av observasjonsutstyret til Meteorologisk institutt er det foreslått å auke løyvinga til kap. 1412 post 50 med 12 mill. kroner.

Regjeringa foreslår å overføre ansvaret for å forvalte eigedommane til Meteorologisk institutt på Blindern i Oslo til Statsbygg frå og med 1. januar 2020. Bygningsmassen består av blant anna hovudbygg frå 1940, eit midlertidig avlastningsbygg frå 1981 og datahall med teknisk infrastruktur, kantine og møterom frå 2011. Eigedommane blir med dette innlemma i statens husleigeordning. Bygningar og eigedom er taksert til 158 mill. kroner. Dette gir eit årlig kapitalelement i husleiga på 6,8 mill. kroner. Regjeringa foreslår å auke løyvinga til Meteorologisk institutt med 6,8 mill. kroner, tilsvarande kapitalkostnadene i husleiga, i tråd med praksis frå tidlegare forvaltningsoverføringar.

Meteorologisk institutt fekk midlar frå medfinansieringsordninga administrert av DIFI for å effektivisere innsamlinga av observasjonar og forvaltning av klimadata. Gevinstrealiseringsplanen viser ein netto nytteverknad for Meteorologisk institutt på 2,9 mill. kroner frå 2020. I tråd med ordninga skal minst 50 pst. av dei årlege innsparingane som oppstår internt i verksemda realiserast ved reduksjon av budsjettramma. Klima- og miljødepartementet foreslår derfor ein reduksjon av budsjettramma på kap. 1412 post 50 med 1,45 mill. kroner.

Ut over dette er posten prisjustert med 9,9 mill. kroner. Samla løyving på posten for 2020 er 339,6 mill. kroner.

Mål

Meteorologisk institutt overvaker og varslar vêret med høg kvalitet og regularitet og bereknar klimaet i notid og framtid for at styresmaktene, næringslivet, institusjonar og befolkninga kan sikre liv og verdiar og verne miljøet.

Meteorologisk institutt driv forsking og utvikling på alle sine fagområde så instituttet kan yte tenester i verdsklasse.

Rapport for 2018

For 2018 er kvaliteten på varsla for nedbør og temperatur betre enn åra før. For temperatur kjem auka kvalitet av at MET har utvikla og innført metodar for å inkludere private observasjonar i vêrvarslingsproduksjonen, mens endringane for nedbør best kan forklarast med det spesielle vêret i 2018. Kvaliteten for vind er omtrent som åra før. Varselkvaliteten aukar for kvar treårsperiode. Modellresultata for hav og kyst er betra ved hjelp av gode inngangsdata frå numerisk vêrvarsling, og gir no betre varsel. Radarar som måler overflatestraum langs kysten gir betre straumvarsel, og betrar dermed beredskapen for oljesøl, søk og redning og drivande gjenstandar. Instituttet varsla om ekstreme vêrforhold fire gonger i 2018.

Nye farevarsel vart introduserte i 2018, med ei fargemarkering som viser kor alvorleg vêret er venta å bli. NVE nyttar det same systemet. Noreg har med dette fått ei felles og standardisert farevarsling som er enklare å forstå for dei som brukar varsla.

Samarbeidet mellom dei meteorologiske institutta i Noreg, Sverige og Finland om operasjonell numerisk vêrvarsling (MetCoOp) fungerer svært godt, og det vert arbeidd med ei ytterlegare utviding av konsortiet. Samarbeidet effektiviserer produksjonen av varsel, gir betre beredskap og ein monaleg stordriftsfordel innanfor tungrekning.

MET har ein eigen vêrvarslingsmodell for Arktis og deltek i ei rekkje forskingsprosjekt med Arktis i fokus. To viktige prosjekt er Arven etter Nansen der hovedfokus er framtidas Barentshav og Copernicus si marineteneste der MET saman med NERSC og HI har ansvar for Arktis. 2018 starta MET prosjektet Arktis2030 der målet er å styrkje beredskap for miljø og tryggleik rundt Svalbard. Vidare starta arbeidet med å oppgradere MET sine automatstasjonar på Svalbard som del av SIOS. I 2018 fekk MET dessutan tilslag på nye EU-prosjekt innanfor Horisont 2020 der målet er å betre framtidige satellittbaserte tenester for Arktis.

Kostnadane til teknisk infrastruktur og vedlikehald av observasjonsnettet aukar gradvis, og utgjer ei utfordring for instituttet sin økonomi. Også kostnadane til tungrekning aukar. Instituttet må difor prioritere hardt mellom dei ulike driftsoppgåvene og investeringsbehova.

Instituttet har ei viktig rolle i arbeidet med tryggleik og beredskap, og deltar jamleg i øvingar med Forsvaret og andre etatar der vêr og klima spelar ei rolle. I 2018 var MET ein av deltakarane i Trident Juncture og leverte tenester til både Forsvaret og dei andre aktørane innanfor Totalforsvaret. Instituttet testar dessutan utsleppsmodellane sine hyppig og vil kunne varsle farlege utslepp til luft og hav i løpet av 30 minutt, så lenge staden for utsleppa er kjent.

I samarbeid med Statens Vegvesen, Miljødirektoratet, Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet, blei varsling av luftkvalitet to dagar fram i tid for alle stadar i Noreg lansert i november 2018. Tenesta «Luftkvalitet i Norge» vart opna for alle i januar 2019. På klimasida avslutta MET arbeidet med klimaprofilar for alle fylke i Noreg med å ferdigstille ein klimarapport for Svalbard. Rapporten vil leggje grunnlag for samfunnet si tilpassing til eit endra klima.

Yr nådde 10 millionar unike brukarar i veke 32 i 2018 og er for åttande året på rad den vêrtenesta flest nordmenn har tillit til, ifølgje Ipsos si omnibusundersøking.

For 13. år på rad blei MET kåra til den statsetaten i Noreg som har best omdømme blant publikum.

Post 70 Internasjonale samarbeidsprosjekt

Løyvinga på posten går i hovudsak til å innfri dei forpliktingane Noreg har til å betale kontingentutgifter i samband med norsk deltaking i følgjande internasjonale meteorologiorganisasjonar:

  • Den europeiske organisasjonen for utnytting av meteorologiske satellittar (EUMETSAT) Eventuelle overskot av kontingentinnbetalingar til EUMETSAT blir overførte til eit fond, Working Capital FUND (WCF). Fondet er heimla i EUMETSATs statuttar og består av akkumulert budsjettoverskot

  • Det europeiske senteret for mellomlange vêrvarsel (ECMWF)

  • Europeiske samarbeidsprosjekt mellom dei meteorologiske institutta (EUMETNET og ECOMET er dei største samarbeidsnettverka)

  • Den meteorologiske verdsorganisasjonen (WMO)

Noreg er medlem i EUMETSAT, ECMWF og WMO gjennom å ha tiltredd internasjonale konvensjonar. Budsjettvedtak i dei styrande organa er dermed forpliktande for Noreg. Det prosentvise bidraget frå eit land til budsjettet er proporsjonalt med bruttonasjonalinntekta i landet. Når det gjeld dei andre internasjonale organisasjonane, er det Meteorologisk institutt (MET) som er medlem.

Storleiken på løyvinga på posten er òg avhengig av svingingar i valutakursane og aktivitetsnivået i dei ulike organisasjonane. Mesteparten av utgiftene er knytte til den europeiske organisasjonen for utnytting av meteorologiske satellittar (EUMETSAT). Det nye polarbanesatellittprogrammet (EPS-SG) har ført til ein auke i bidraget frå Noreg til EUMETSAT dei seinare åra, med ein topp i 2018. JASON-programmet under EUMETSAT medverkar òg til å halde utgiftene til EUMETSAT på om lag same nivå.

Klima- og miljødepartementet foreslår ei løyving på 146,1 mill. kroner.

Mål

Målet med løyvinga er å medverke til å dra nytte av utvikling og betring av meteorologiske tenester gjennom internasjonalt samarbeid.

Rapport 2018

EUMETSAT er den største og viktigaste samarbeidsorganisasjonen, og i 2018 var bidraget frå Noreg på 128 mill. kroner. EUMETSAT driftar ei rekkje ulike satellittar for meteorologiske data. Særleg polarbanesatellittane er viktige for varslinga av vêret i Noreg. Eit nytt polarbanesatellittprogram (EPS-SG) blei starta i 2015. Første nye satellitt i dette programmet skal ifølgje planen sendast opp i tredje kvartal 2022, og den andre satellitten eit år seinare. Viktig er òg det geostasjonære satellittprogrammet METEOSAT, som no førebur tredje generasjons satellittar (MTG). Det har vore nokre forseinkingar i programmet, og første nye satellitt i dette programmet skal ifølgje planen skytast opp i 2021.

Satellittprogrammet JASON, som overvaker verdshava, skal førast vidare. For Noreg er dette særskilt viktig for forskinga på og overvakinga av klimaet, i tillegg til at data frå satellittane blir nytta i modellar for varsling av straum, havtemperatur, havis med meir. Data frå dei meteorologiske satellittane har i dei seinare åra ført til ei monaleg kvalitetsforbetring av vêrvarslinga. ECMWF kan til dømes vise til ei klar betring i prognosekvaliteten på grunn av data frå satellittane.

Noreg er eitt av 22 medlemsland i det europeiske reknesenteret ECMWF. I tillegg har tolv land status som samarbeidsland, og dermed tilgang til produkt frå ECMWF. ECMWF har dei beste globale tidøgnsvarsla i verda og er leiande på utvikling av numeriske berekningsmodellar for vêrvarsling. ECMWF har òg ei sentral rolle i det europeiske Copernicus-samarbeidet. I 2018 var bidraget frå Noreg på 12 mill. kroner. I 2017 blei det avgjort å flytte datasenteret til ECMWF frå Reading i England til Bologna i Italia. Det er for å få tilstrekkelig straumkapasitet til dei nye tungreknemaskinane som skal skaffast i 2019–2020.

EUMETNET er eit nettverk mellom dei nasjonale meteorologiske institutta i Europa for å nytte ressursane mest mogleg effektivt. EUMETNET driv felles program innanfor det europeiske meteorologiske observasjonssystemet. For å nå måla sine, er MET heilt avhengig av europeiske samarbeidsprosjekt mellom dei meteorologiske institutta. I 2018 var bidraget frå Noreg på 1,7 mill. kroner.

EUMETNET, saman med EUMETSAT og ECMWF, speler ei viktig strategisk rolle som overbygning for den meteorologiske infrastrukturen i Europa, og som kontaktpunkt overfor EU når det gjeld meteorologi.

ECOMET syter for at observasjonane og dei numeriske prognosane frå dei nasjonale meteorologiske institutta i Europa er tilgjengelege for private kommersielle aktørar, og for at den kommersielle aktiviteten i dei nasjonale meteorologiske institutta oppfyller konkurranselovgivinga.

FN-organisasjonen WMO syter for global utveksling av meteorologiske observasjonar i nær sanntid mellom dei 190 medlemslanda. Vitskaplege nyvinningar innanfor varsling av vêr blir òg i stor grad gjorde tilgjengelege for alle verdas meteorologiske institutt gjennom WMO. WMO har mellom anna ei satsing spesielt retta mot å utnytte sesongvarsling og klimaprognosar betre i u-land som er sårbare for tørke og flaum (Global Framework for Climate Services). Tilskotet frå Noreg til WMO i 2018 var på 4,6 mill. kroner.

Programkategori 12.20 Klima, naturmangfald og forureining

Hovudinnhald og prioriteringar

Utgiftene under programkategori 12.20 gjeld resultatområde Naturmangfald, Friluftsliv, Forureining og Klima.

Programkategorien omfattar verksemda til Miljødirektoratet, Enova og noko av verksemda til Sjøfartsdirektoratet og Direktoratet for strålevern og atomtryggleik.

Oppfølginga av dei tre nasjonale måla for naturmangfald skjer i hovudsak med utgangspunkt i Meld. St. 14 (2015–2016) Natur for livet – norsk handlingsplan for naturmangfold. Regjeringa vil arbeide for å nå ambisjonane i Aichi-måla og følgje opp naturmangfaldmeldinga i tråd med Stortingets innstilling. Prioriterte tiltak i 2020 er å føre vidare satsinga på å betre kunnskapen om arter og økosystem, auke arealet av verna skog og marine verneområde, samt vidare utvikling av ei økosystembasert forvalting. Arbeidet med å ta vare på truga natur og verdiane i verneområda blir styrkt i 2020. Arbeidet med å gjennomføre restaureringstiltak som er prioriterte i vassforvaltningsplanane blir trappa opp. Tiltak og verdiskaping knytt til villrein, under dette etablering av kvalitetsnorm for villrein, blir styrkt. Arbeidet med å etablere eit nytt globalt rammeverk for bevaring av naturmangfald vil bli høgt prioritert. Andre viktige prioriteringar i 2020 er styrkt oppsyn for å hindre ulovleg fiske etter anadrom laksefisk, rovviltarbeide, utarbeiding av ein plan for å oppfylle kvalitetsnorma for villaks, gjennomføring av tiltaksplan for pollinerande insekt, under dette ei styrkt overvaking av insekt, tiltaksplan mot framande arter og suppleringsvern.

Regjeringa er oppteken av å ta vare på Noregs sterke tradisjonar for friluftsliv, med utgangspunkt i allemannsretten til fri ferdsel i utmark. Arbeidet med å følgje opp handlingsplanen for friluftsliv vil halde fram i 2020, i nært samarbeid med friluftslivsorganisasjonane. Stortingsmeldinga og handlingsplanen utgjer saman grunnlaget for statens arbeid med friluftsliv.

For å motverke og redusere forureining blir det grunnleggjande og langsiktige arbeidet med forvalting av nasjonalt regelverk, internasjonale avtaler og løyvingar til tiltak vidareført. Regjeringa legg vekt på å arbeide for å redusere spreiing av miljøgifter. Noreg har ei viktig rolle i det internasjonale samarbeidet om dette. Arbeidet med å førebyggje og rydde opp i marin forsøpling og redusere spreiing av mikroplast nasjonalt og internasjonalt har høg prioritet. Internasjonalt vil Noreg halde fram med si leiarrolle for å få på plass sterkare globale forpliktingar, samstundes som arbeidet med nasjonale tiltak held fram.

Klima er ei av regjeringa sine hovudprioriteringar. For å redusere utsleppa og omstille Noreg til eit lågutsleppsamfunn i tråd med klimalova forsterkar regjeringa stadig verkemiddelbruken. Av særleg prioriterte tiltak i 2020 er auke av CO2-avgifta, styrkinga av Nullutsleppsfondet gjennom Enova og satsinga på grøn skipsfart. Ei styrking av Nullutsleppsfondet vil setje Enova i stand til å trappe opp satsinga på nullutsleppsteknologi i næringstransporten og medverke til ytterligare reduserte utslepp frå veg- og sjøtransport. Styrkinga på grøn skipsfart går til tiltak for auka bruk av null- og lågutsleppsløysingar i fylkeskommunale hurtigbåtsamband, og arbeidet med grøn flåtefornying av lasteskip.

Resultatområde

Tabell 7.2 Resultatområde under programkategori 12.20

Resultatområde

Nasjonale mål

Naturmangfald

  • Økosystema skal ha god tilstand og levere økosystemtenester.

  • Ingen arter og naturtypar skal utryddast, og utviklinga til truga og nær truga arter og naturtypar skal betrast.

  • Eit representativt utval av norsk natur skal takast vare på for kommande generasjonar.

Friluftsliv

  • Friluftslivets posisjon skal sikrast og utviklast vidare gjennom å ta vare på allemannsretten, bevaring og tilrettelegging av viktige friluftslivsområde og stimulering til auka friluftslivsaktivitet for alle.

  • Naturen skal i større grad brukast som læringsarena og aktivitetsområde for barn og unge.

Forureining

  • Forureining skal ikkje skade helse og miljø.

  • Utslepp av helse- og miljøfarlege stoff skal stansast.

  • Veksten i mengda avfall skal vere vesentleg lågare enn den økonomiske veksten, og ressursane i avfallet utnyttast best mogleg gjennom materialgjenvinning og energiutnytting.

  • Å sikre trygg luft. Basert på dagens kunnskapsstatus blir følgjande nivå sett på som trygg luft:

    • Årsmiddel PM10: 20 µg/m3

    • Årsmiddel PM2,5: 8 µg/m3

    • Årsmiddel NO2: 40 µg/m3

  • Støyplager skal reduserast med 10 pst. innan 2020 i forhold til 1999. Talet på personar som er utsette for over 38 dB innandørs støynivå skal reduserast med 30 pst. innan 2020 i forhold til 2005.

Klima

  • Noreg skal fram til 2020 kutte i dei globale utsleppa av klimagassar tilsvarande 30 pst. av Noregs utslepp i 1990.

  • Noreg har på vilkår teke på seg ei forplikting om minst 40 pst. utsleppsreduksjon i 2030 samanlikna med 1990.

  • Noreg skal vere klimanøytralt i 2030.

  • Noreg har lovfesta eit mål om å bli eit lågutsleppsamfunn i 2050.

  • Reduserte utslepp av klimagassar frå avskoging og skogdegradering i utviklingsland, i samsvar med berekraftig utvikling.

  • Politisk mål om at samfunnet skal førebuast på og tilpassast til klimaendringane.

Politikk for å nå dei nasjonale måla for naturmangfald

Kunnskap om natur

I 2020 vil ein kartportal for Økologisk grunnkart bli realisert. Dette er ei oppfølging av Stortingets handsaming av naturmangfaldmeldinga. Det økologiske grunnkartet vil vere samansett av ulike kartlag, som saman blant anna gir kunnskap om kor typar av natur finnast. Det økologiske grunnkartet skal vere eit felles verktøy på tvers av sektorane, som gir grunnlag for meir heilskapleg forvaltning, og dermed betre avgjerdsprosessar.

Stortinget har fatta vedtak om at dei tre listene Norsk raudliste for arter, Norsk raudliste for naturtypar og Framandartslista skal bli gjennomgått kvart femte år. Regjeringa meiner det er meir føremålstenleg med ein revisjon av listene kvart sjette år, det vil seie to år mellom lansering av kvar nye liste. Dette vil samtidig flate ut arbeidsbelastninga i Artsdatabanken, som utarbeider dei tre listene.

Ny Naturindeks for Noreg vil bli presentert i 2020. Naturindeksen gir ei oversikt over utviklinga for naturmangfaldet i økosystema. Den blir berekna på grunnlag av bestandsutviklinga hos over 300 arter eller grupper av arter, og gir oppdatert kunnskap til arbeidet for å ta vare på naturmangfald i Noreg.

I 2020 vil det også bli arbeidd vidare med utvikling av kunnskapsgrunnlaget for ei overordna, økosystembasert forvaltning.

Heilskapleg vassforvaltning

Arbeidet med å styrkje norsk vassforvaltning etter vassforskrifta, som gjennomfører EUs vassdirektiv i norsk rett, vil halde fram. Dei heilskaplege og sektorovergripande vassforvaltningsplanane med tilhøyrande tiltaksprogram for perioden 2016–2021 er eit viktig verktøy for å nå måla om godt vassmiljø i ferskvatn, kystvatn og grunnvatn i Noreg.

Planane skal oppdaterast kvart sjette år fram til 2033. Regjeringa vedtok våren 2019 nye nasjonale føringar for vassforvaltninga. Som følgje av dette vil vassregionmyndigheitene i 2020 gjennomføre høyring av forslag til oppdaterte planar og tiltaksprogram, som skal vere i tråd med dei nasjonale føringane. Føringane dekkjer dei fleste viktige påverknadene på vassmiljøet.

Gjennomføring av miljøforbetrande og beskyttande tiltak skal føre til at Noreg når måla på vassforvaltingsområdet. Planane og miljømåla skal leggjast til grunn for sektorane si gjennomføring av tiltak innafor eige ansvarsområde. Å nå målet om godt vassmiljø i heile landet krev at alle partar medverkar i arbeidet med oppdateringa av planar og tiltaksprogram, og at ansvarlege sektormyndigheiter gjennomfører tiltak for å nå måla i gjeldande og oppdaterte planar. Ein føresetnad for gode resultat, er betring av kunnskapen om tilstanden i, og påverknadene på, vassførekomstane. Regjeringa vil i 2020 halde fram med overvakinga av vassførekomstane i Noreg.

Heilskapleg forvalting av havområda

Å ta vare på eit godt havmiljø er i kjernen av regjeringa sitt arbeid med og satsing på hav, nasjonalt og internasjonalt. Verdiskaping basert på bruk av marine ressursar er avhengig av god miljøtilstand og eit rikt naturmangfald i havet. Nasjonalt er dei heilskaplege forvaltingsplanane regjeringas verktøy for å samordne berekraftig bruk og bevaring av dei marine økosystema i dei norske havområda. Målet med forvaltingsplanane er å leggje til rette for verdiskaping gjennom berekraftig bruk av ressursar og økosystem i havområda, og samtidig halde ved lag struktur, verkemåte, produktivitet og naturmangfald i økosystema.

Regjeringa vil i 2020 leggje fram ei melding til Stortinget om revidering av forvaltingsplanen for Barentshavet–Lofoten. Samtidig vil òg forvaltingsplanane for Norskehavet og for Nordsjøen–Skagerrak bli oppdaterte. Arbeidet vil bli basert på det faglege grunnlaget som Fagleg forum leverte våren 2019.

Klimaendringar og havforsuring er av dei største utfordringane vi står overfor i forvaltinga av havmiljøet i tida framover. For å skaffe naudsynt kunnskap om effektane av forsuring på enkeltarter, i næringskjeda og på økosystema, vil den langsiktige overvakinga bli halden ved lag og vidareutvikla. Det er òg sett i gang eit arbeid for å utvikle kunnskapen om havet si rolle i klimasystemet, og om klimaet sin påverknad på dei marine økosystema og grunnlaget for dei marine næringane.

Kartleggingsprogrammet for havbotn, MAREANO, og overvakingsprogrammet for sjøfugl, SEAPOP, har gitt monaleg ny kunnskap om marin natur, og begge programma vil bli førte vidare i 2020. SEATRACK er ein modul i SEAPOP som på kort tid gir svært mykje ny kunnskap som har mykje å seie for forvaltinga av sjøfugl. Mange sjøfuglbestandar har vist ein dramatisk nedgang. Regjeringa skal utarbeide ein handlingsplan for å betre situasjonen for sjøfuglar. Ei direktoratsgruppe leia av Miljødirektoratet har fått i oppdrag å utarbeide eit utkast til handlingsplan som mellom anna skal omfatte ein samla prioritert tiltaksplan for å betre situasjonen for sjøfugl. Endeleg handlingsplan vil liggje føre i løpet av 2020.

Regjeringa vil halde fram med oppbygging av kunnskap om økosystema i havet. Det er kunnskapsbehov mellom anna knytt til endringar slik som nedgang i sjøfuglbestandar og sukkertareskog, korleis klimaendringar og havforsuring påverkar økosystema, om samanhengar i dei marine økosystema, og om tilførsler og spreiing av miljøgifter. Det er òg behov for forsking knytt til forvaltingstiltak for å styrkje naturlege bestandar og auke potensialet for hausting, slik som marine verneområde og bevaringsområde for hummar og kysttorsk.

Heilskapleg plan for Oslofjorden

Stortinget har i oppmodingsvedtak nr. 575 (2017–2018) bedt regjeringa leggje fram ein heilskapleg plan for Oslofjorden «med mål om at fjorden skal oppnå god miljøtilstand, restaurere viktige naturverdier, fremme et aktivt friluftsliv og ivareta det biologiske mangfoldet i fjorden». Klima- og miljødepartementet har som mål at arbeidet med planen blir fullført i 2020.

Tiltak mot framande arter

I 2020 vil regjeringa gjennomføre tiltak i samsvar med Tiltaksplan for bekjempelse av skadelige fremmede organismer (2019–2024). Planen er utarbeidd av miljøforvaltninga saman med fleire sektorar som samferdsel, landbruk, forsvar og kommunal sektor. Planen vil medverke til meir målretta og kostnadseffektive tiltak. Arter som allereie er etablert i norsk natur, skal i større grad prioriterast for tiltak, til dømes ved å fjerne små eller nye populasjonar som vil kunne spreie seg mykje. Det skal òg gjennomførast tiltak knytt til innførselsvegar og tidleg oppdaging av slike arter.

Tiltaksplanen syner at det framleis er naudsynt med meir kunnskap om økologisk risiko og korleis ein skal handtere risiko i eit kost-nytte perspektiv for å fjerne eller nedkjempe framande skadelege arter. Samstundes kan ny teknologi spare samfunnet for kostnader ved å gjere det enklare å tidleg oppdage framande skadelege arter. Det vil difor i 2020 bli tildelt midlar til den vidare utviklinga av metoden miljø-DNA.

Handlingsplan mot den framande viltarten villsvin har som mål at det skal vere minst mogleg villsvin i Noreg, og spreidd ut over eit minst mogleg geografisk område. Det er eit nært samarbeid med landbruksforvaltninga om handlingsplanen. I tråd med handlingsplanen mot mårhund og samarbeid med våre naboland vil arbeidet med å hindre at mårhund kjem inn i Noreg og etablerer seg, halde fram. Arbeidet med å fjerne mink frå sårbare område som sjøfuglreservat held fram i 2020.

Handlingsplanen mot stillehavsøsters frå 2016 stadfestar at det er behov for auka kunnskap om arta, og om kor den kan spreie seg i Noreg. På bakgrunn av ny kunnskap om risiko for spreiing av arta på Vestlandet vil det i 2020 bli prioritert å fjerne førekomstar som er vurderte å vere kjelde til vidare spreiing på Vestlandet.

Bruk av utanlandske treslag til skogbruksformål er regulert i eiga forskrift. Regjeringa har fått utgreidd konsekvensane av eit mogleg forbod mot bruk av utanlandske treslag med betydeleg risiko for norsk natur, som til dømes sitkagran. Departementet vil i 2020 ta stilling til kva tiltak som skal setjast i verk for å redusere bruken av sitkagran og andre treslag med høg eller svært høg økologisk risiko.

Reguleringa av genmodifiserte organismar (GMO)

I samsvar med føringar frå Stortinget vil regjeringa vidareføre ein restriktiv politikk på GMO-området. Dei siste åra er det utvikla mange nye metodar for genmodifisering. Nokre modifiserte organismar kan difor vere i ein gråsone med omsyn til om dei er omfatta av genteknologilova. Internasjonalt er det dessutan ein debatt om korleis organismar som er laga med nye teknikkar skal regulerast. Regjeringa ønskjer ei regulering som stimulerer forsking og vidare utvikling, samstundes som helse, miljø og andre samfunnsinteresser blir sikra i samsvar med vilkåra i genteknologilova og Stortingets føringar. Konkret vil Regjeringa foreslå endringar i genteknologilova for genmodifiserte legemiddel. Dette er naudsynt ut frå ein etablert praksis for denne produktgruppa i EØS-området. Regjeringa vil òg vurdere om all regulering av genmodifiserte organismar skal utgreiast nærare. Regjeringa vil dessutan vurdere om det bør gjerast endringar i måten uavhengig forsking på genteknologifeltet blir finansiert.

Tiltak for å ta vare på truga arter og naturtypar

Målet er at ingen arter og naturtypar blir utrydda, og at utviklinga for truga og nær truga arter og naturtypar skal bli betre. Det er mange verkemiddel i bruk. Naturmangfaldmeldinga trekkjer opp prinsipp for verkemiddelbruken for truga natur.

Eit viktig verkemiddel for å ta vare på truga natur er vern av naturområde. Nær halvparten av alle truga arter og mange truga naturtypar finst i skog. Med eit treffsikkert skogvern kan vi ta vare på mange truga arter og naturtypar i skog.

Det lever også mange truga arter i kulturlandskapet. Miljødirektoratet gir tilskot til viktige tiltak som skjøtsel og beiting i område med mange arter og til nedkjemping av framande skadelege arter. Slike tiltak må sjåast i samanheng med jordbrukssektorens miljøprogram, som medverkar til å ta vare på slåtteenger, kystlynghei og andre naturtypar med rikt artsmangfald i kulturlandskapet.

Miljødirektoratet har, saman med andre direktorat, vurdert korleis Noreg best kan ta vare på ei rekkje kritisk og sterkt truga ansvarsarter og truga naturtypar. Direktorata sine tilrådingar omfattar blant anna forslag om nye utvalde naturtypar, prioriterte arter, områdevern, bruk av sektorane sine eigne verkemiddel og bruk av tilskot og driftsmiddel for til dømes skjøtsel, restaurering og fjerning av framande skadelege arter. Desse tilrådingane er vurderte som dei mest effektive verkemidla for dei artene og naturtypane som er vurderte. Arbeidet med å følgje opp forslaga vil halde fram i 2020.

Rovviltforvalting

Regjeringa fører ei forvalting av rovviltet som er i samsvar med Bernkonvensjonen, naturmangfaldlova, rovviltforlika frå 2004 og 2011 og andre føringar frå Stortinget. Regjeringa vil sikre levedyktige bestandar av dei fem rovviltartane jerv, ulv, bjørn, gaupe og kongeørn. Samstundes skal tap av beitedyr til rovvilt haldast på eit lågast mogeleg nivå.

Regjeringa vil halde fram med arbeidet med å sikre ei tydelegare soneforvaltning som skil rovdyr og beitedyr i tid og rom. Regjeringa meiner det er behov for å føre ei kunnskapsbasert forvalting av rovvilt, som mellom anna gir kunnskap for å kunne føre ei forsvarleg og presis forvalting av små rovdyrbestandar.

Regjeringa vil effektivisere skadefelling av rovdyr ytterlegare, og søkje å finne langsiktige løysingar for vidare reduksjon av tap av beitedyr til rovvilt. Rovviltforvaltninga skal ha høg beredskap og tett oppfølging med beitenæringa og aktuelle kommunar, slik at vi så langt det er mogleg sikrar at uttak av rovvilt med skadepotensial blir gjennomført i prioriterte beiteområde.

Samspelet med dei lokale fellingslaga skal vidareførast og styrkjast for å sikre god lokal forankring av fellinga. Det er viktig at fellingsmetodane er humane og at fellingslaga hentar erfaring frå rettleiing for gjennomføring av fellingsoppdrag.

Regjeringa vil halde fram med dialog med rovviltnemndene. Nemndene skal følgje opp regjeringa si føring om ei tydelegare soneinndeling mellom prioriterte beiteområde og prioriterte rovviltområde i sine regionale forvaltingsplanar, jf. prinsippet om den todelte målsetjinga.

Regjeringa vil følgje opp den faglege gjennomgangen av den norske delbestanden av ulv.

Det skal i 2020 gjennomførast ei vurdering av tilskotsordninga til førebyggande tiltak mot rovviltskadar og konfliktdempande tiltak (FKT-ordninga) der ein vurderer om føremålet med ordninga kan realiserast i større grad. Regjeringa vil òg gjennomføre ei vurdering av erstatningsordningane for tamrein og husdyr. Regjeringa vil etter planen setje i gang eit prosjekt for å sjå om ein kan auke bruken av beiteareal nær gardar i tapsutsette prioriterte område for jerv.

Regjeringa har sendt på alminneleg høyring forslag om endringar i den regionale rovviltforvaltinga. Desse endringane vil styrkje føresetnadene og presisjonen i rovviltforvaltinga og auke rovviltnemndene sitt handlingsrom og ansvar. Regjeringa foreslår mellom anna å endre talet på rovviltregionar frå dagens åtte til fire eller fem. Ved ei inndeling i fire regionar foreslår regjeringa følgjande inndeling: 1) Region Nord – Troms og Finnmark, 2) Region Midt-Noreg – Nordland og Trøndelag, 3) Region Vestlandet – Møre og Romsdal, Vestland og Rogaland og 4) Region Austlandet – Innlandet, Oslo, Viken, Vestfold og Telemark og Agder. Med fem regionar foreslår regjeringa: 1) Region Nord – Troms og Finnmark, 2) Region Midt-Noreg – Nordland og Trøndelag, 3) Region Vestlandet – Møre og Romsdal, Vestland og Rogaland, 4) Region Austlandet – Innlandet, Oslo og Viken og 5) Region Sørlandet – Vestfold og Telemark og Agder. Regjeringa foreslår òg felles bestandsmål høvesvis nord og sør for Trondheimsfjorden og Stjørdalselva/Tevla, der det samstundes vert foreslått å flytte tre ynglingar av gaupe frå bestandsmålet i nord til bestandsmålet i sør.

I same høyring har regjeringa foreslått at Landbruksdirektoratet får rett til å kome med ei uttale til rovviltnemndene sine forvaltningsplanar. Det er òg foreslått endring av fellingsmetodar under lisensfelling av jerv, der det er foreslått at det blir opna for bruk av fastmontert kunstig lys under åtejakt og bruk av kameraovervaking/elektronisk overvaking av fangstbås under lisensfelling av jerv, jf. Innst. 141 S (2018–2019). Regjeringa vil ikkje gi ei generell opning for bruk av laus, på drevet halsande hundar ved felling av bjørn og ulv. Det er òg sendt på høyring forslag om at kommunar skal få rettsleg klageinteresse i saker som gjeld kvotar for felling av rovvilt i rovviltforskrifta. For å auke sannsynet for å auke bestanden av brunbjørn opp mot bestandsmålet, vil regjeringa leggje føringar om at område med kjent førekomst av binner må prioriterast til bjørn inntil det nasjonale bestandsmålet er nådd.

Villrein

Stortinget har bedt regjeringa leggje fram ei kvalitetsnorm for villrein. Ei slik norm vil etter planen vere ferdig i 2020. Formålet med norma er å medverke til at villrein og dei ulike villreinområda blir forvalta på ein slik måte at internasjonale forpliktingar blir haldne, og at nasjonale mål om å ta vare på levedyktige bestandar innanfor villreinens naturlege utbreiingsområde blir nådd. Det er i 2020 òg sett av midlar til systematisk kartlegging og overvaking av villreinområda som vil leggje grunnlaget for dei første klassifiseringane etter kvalitetsnorma.

Klima- og miljødepartementet skal halde fram arbeidet med å følgje opp dei regionale villreinplanane i samarbeid med Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Regjeringa vil i 2020 halde fram kampen mot skrantesjuke på villrein. I Nordfjella sone 1 er villreinbestanden teken ut som eit ledd i kampen mot sjukdomen, og regjeringa skal sikre at det ikkje kjem inn ny villrein i området under brakkleggingsperioden. Regjeringa vil halde fram det gode samarbeidet med lokale myndigheiter.

Forvalting av vill laksefisk

Arbeidet med ein tiltaksplan for å oppfylle kvalitetsnorma for villaks vil halde fram i 2020. Tiltak innanfor alle sektorar som påverkar laksefiskstammene vil bli vurderte. Førebuingar til ny hovudregulering i fisket vil bli gjennomført med sikte på at nye reguleringar er innførte frå og med sesongen 2021.

Kalking av vassdrag som er ramma av forsuring vil halde fram, og tiltaka mot lakseparasitten Gyrodactylus salaris vil bli ført vidare i tråd med faglege tilrådingar. Etter planen skal ein i 2020 fullføre arbeidet med å etablere ein genbank for lakse- og sjøaurestammene frå Hardanger.

Arbeidet med å gjennomføre avtala med Finland om fisket i Tanavassdraget, vil halde fram. Samarbeidet med Russland om forvalting av laksestammene i Finnmark og i Murmanskregionen, vil byggje på samarbeidsavtala som blei etablert i 2015.

For å følgje opp evalueringa av nasjonale laksevassdrag og laksefjordar, vil det bli utarbeidd rettleiingsmateriell til bruk for forvaltninga. Arbeidet med ei ny forskrift etter lakse- og innlandfisklova § 7a, for å medverke til at regelverket på området blir mest mogleg føreseieleg, einskapleg og forståeleg for brukarane, blir også ført vidare.

Det er venta at arbeidet med ein strategi for bevaring og utvikling av bestandane av storaure i Noreg vil bli fullført i 2020.

Gjennom arbeidet til det nye nasjonale villakssenteret vil formidlinga av kunnskap om laksefisk bli styrkt.

Innsatsen mot ulovleg fiske etter anadrom laksefisk vil bli styrkt.

Skogvern

Regjeringa arbeider for å ta vare på truga arter og naturtypar, og sikre eit representativt utval av norsk natur. Skogvern er eit viktig virkemiddel i dette arbeidet, både fordi eit stort tal truga arter og naturtypar finst i skog og fordi eksisterande skogvernområde ikkje dekkjer eit representativt utval av norsk skognatur. Regjeringa vil verne 10 pst. av skogen gjennom frivillig vern av privateigd skog og vern av offentleg eigde skogareal, jf. Stortingets behandling av Meld. St. 14 (2015–2016) Natur for livet. Målet vil vere langsiktig.

Takten i skogvernet har auka betydeleg dei siste åra. Løyvingane til skogvern var frå 2002 til 2012 mellom 100 og 200 mill. kroner årleg, men har frå 2013 auka og har sidan 2017 vore på godt over 400 mill. kroner årleg. Pr. oktober 2019 er om lag 4,9 pst. av det totale skogarealet og 3,7 pst. av det produktive skogarealet verna. I 2020 er det planlagt vern av ei rekkje skogområde, både ved vern av offentleg eigd skog og ved frivillig vern av privateigd skog.

Arbeidet med frivillig vern av privateigd skog er ein suksess, som òg i 2020 er venta å føre til vern av viktige skogareal. Miljødirektoratet har fått i oppdrag å følgje opp Stortingets oppmodingsvedtak om å gjennomgå Statskog SFs skogeigedommar med sikte på vern av aktuelle areal. Betydelege areal eigd av Statskog SF kan venteleg fremjast for vern i 2020. Miljødirektoratet vil følgje opp Statskogs sal av eigedommar ved å bruke forkjøpsretten på areal som er viktige for vern eller makeskifte. Ti års erfaring viser at frivillig skogvern på statsallmenning i liten grad fører fram. Tiltak for å betre framdrifta i arbeidet vil bli vurdert, slik at viktige område kan vernast.

For å sikre eit kostnadseffektivt skogvern med høg fagleg kvalitet blir kartlegginga intensivert med sikte på å finne ut kor dei viktigaste skogareala for naturmangfald er. Miljødirektoratets arbeid med systematisk kartlegging av prioriterte skogtypar vil i 2020 i hovudsak omfatte kartlegging av ulike typar fuktskogar.

Det vil i 2020 bli arbeidd med å konkretisere korleis skogvernet kan gjennomførast slik at det får minst mogeleg konsekvens for avverkinga og det grøne skiftet.

Supplerande verneplanar

Regjeringa vil sikre eit representativt utval av norsk natur. Eksisterande verneområde er ikkje fullt ut representative, og dei tek ikkje vare på truga natur i tilstrekkeleg grad. Det er store manglar i skogvernet og i marint vern. Vern i desse to kategoriane vil framleis gå i eigne prosessar. Arbeidet med dei supplerande verneplanane er ei oppfølging av Meld. St. 14 (2015–2016). Miljødirektoratet har etter innspel frå fylkesmennene laga ei oversikt over 275 område på til saman 584 km2 som kan medverke til å dekkje manglane i dei verneområda vi har i dag. Miljødirektoratet har òg peika på område som kan vere aktuelle som nasjonalparkar. Klima- og miljødepartementet vil gjennomføre ei overordna samfunnsøkonomisk vurdering før ein avgjer det samla nasjonale omfanget av eit supplerande vern, og før ein avgjer i kva for område ein skal starte konkrete verneplanprosessar i medhald av naturmangfaldlova. Når dei konkrete verneplanprosessane startar vil ein gjere konkrete vurderingar og avvegingar mellom naturfaglege verneverdiar og andre samfunnsinteresser.

Sikring av verdiane i verneområda

Verneområda skal sikre langsiktig bevaring av viktig natur og er ein viktig del av regjeringas arbeid for å nå dei nasjonale måla. Regjeringa la i 2019 fram ein handlingsplan for styrkt forvaltning av verneområda. Skjøtsel er det viktigaste verkemiddelet i kampen mot dei vanligaste truslane mot verneverdiane: gjengroing og framande arter. Regjeringa prioriterer skjøtsel og tilrettelegging i verneområda, og midlane til dette blir auka i 2020.

Skjøtsels- og forvaltningsplanar er viktige verkemiddel for å ta vare på verneverdiane og medverkar til at arbeidet med tiltak i verneområde blir målretta og kostnadseffektivt. Det er sett av midlar som skal medverke til at dei fleste nasjonalparkar og Ramsar-område i løpet av 2020 får ein forvaltningsplan. Miljødirektoratet vil halde fram arbeidet med å forenkle og effektivisere arbeidet med forvaltningsplanar, mellom anna gjennom digitale løysingar for forvaltningsplanar. Det vil i 2020 bli tilsett ein eigen forvaltar i Gutulia nasjonalpark, og Statens Naturoppsyn i Lofoten skal styrkjast med ei stilling.

Gjennom oppfølging av «Handlingsplan for styrket forvaltning av verneområdene» frå 2019 legg regjeringa til rette for at det gjennom besøksstrategiar kan planleggast for auka besøk i nasjonalparkar og andre store verneområde der naturen toler det. All informasjon om og profilering av nasjonalparkar og andre verneområde skal ha høg kvalitet, mellom anna ved å følgje kriteria for merkevara Norges nasjonalparkar og vere i tråd med verneområdets besøksstrategi. Regjeringa vil halde fram arbeidet med å utvikle besøkssenter til viktige formidlarar av norsk natur og medverke til at sentra blir gode møteplassar for samarbeid mellom frivillige organisasjonar, næringsliv og offentleg forvaltning.

Marine verneområde

Marint vern skal medverke til at eit utval av representative, særeigne, sårbare eller truga marine naturtypar og naturverdiar blir tekne vare på for framtida. I arbeidet med marine verneområde går det føre seg verneprosessar i ulike stadium for 21 av dei 36 områda som blei foreslått som marine verneområde i 2004. Av dei 36 områda er dei to områda Iverryggen og Røstrevet ikkje aktuelle for vern etter naturmangfaldlova fordi dei ligg utanfor territorialgrensa. Utanfor territorialgrensa kan område berre beskyttast etter fiskerimyndigheitene sine verkemiddel. I 2020 vil det bli arbeidd vidare med etablering av nye marine verneområde. Det er lagt vekt på gode verneprosessar lokalt. Regjeringa arbeider med å følgje opp Stortingets vedtak om at det seinast i 2020 skal fremjast ei eiga sak om ein heilskapleg nasjonal plan for marine verneområde. Behov for nye tiltak eller verkemiddel vil bli vurdert i samanheng med den nye planen.

Kulturlandskap

Talet på område som inngår i ordninga «Utvalde kulturlandskap i jordbruket» er meir enn dobla frå 22 område i 2016 til 46 i løpet av 2020. Ordninga blei etablert for å ta vare på kulturlandskap med stort naturmangfald, kulturminne og kulturmiljø. Som eit ledd i kommunereforma blir forvaltning ordninga for utvalde kulturlandskap i jordbruket frå 1. januar 2020 overført frå fylkesmannen til kommunane. Det vil då bli teke i bruk eit nytt fagsystem for behandling av søknader og utbetaling av tilskot.

I 2020 blir budsjettet til utvalde kulturlandskap auka over jordbruksavtala med 4,5 mill. kroner begrunna med at talet på område skal auke. Sekretariatet for ordninga som har representantar frå Riksantikvaren, Miljødirektoratet og Landbruksdirektoratet, skal leggje fram forslag til oppfølging av ordninga i 2020.

Pollinerande insekt

Insektdød, spesielt blant pollinerande insekt, har dei siste åra blitt ei stor utfordring. Det blei sett i gang eit prøveprosjekt for overvaking av insekt i 2019. Dette vil vere grunnlaget for å starte opp eit større overvakingsprogram for insekt frå 2020.

Tilskot til tiltak for ville pollinerande insekt blir ført vidare i 2020. Tiltak som kan få tilskot må vere i samsvar med den tverrsektorielle tiltaksplanen for pollinerande insekt som etter planen skal ferdigstillast tidleg i 2020. Andre sektorverkemiddel for pollinerande insekt som jordbrukets miljøprogram skal sjåast i samanheng for å følgje opp tiltaksplanen.

Noreg er tilslutta FNs pollinatorinitiativ «Coalition of the willing on pollinators». Her står utvikling av kunnskap og auka kompetanse om pollinatorar sentralt. Hausten 2020 skal FNs konvensjon om biologisk mangfald vedta nye globale mål for naturen. Konvensjonen har i fleire år arbeidd med å synleggjere verdien av pollinatorar for økosystem og naturmangfald. Insektdød og tiltak for å ta vare på pollinatorar er eit viktig tema som Noreg vil følgje opp i forhandlingane.

Internasjonalt samarbeid for å ta vare på naturmangfaldet

Hausten 2020 skal det vedtakast eit nytt globalt rammeverk for bevaring av naturen, på partmøte for Konvensjonen om biologisk mangfald. Dei formelle forhandlingane om innhaldet i rammeverket er i gang, og Noreg deltek aktivt. Ein viktig prioritet for Noreg er å få på plass ein ny mekanisme som sikrar gjennomføring. Eit prinsipp om gradvis opptrapping av innsats, jamleg rapportering og transparens i landa sine nasjonale strategiar er viktige element. Det nye rammeverket må leggje til grunn ei heilskapleg forståing der bevaring av biologisk mangfald blir sett i samanheng med reduksjon, og tilpassing til klimaendringar. Det nye rammeverket vil erstatte dei noverande Aichi-måla. Naturpanelets globale rapport om naturen sin tilstand dannar, saman med Klimapanelets 1,5 graders-rapport og spesial rapport om klimaendringar og landareal, eit heilt sentralt kunnskapsgrunnlag for det nye rammeverket.

Frå 2017–2021 er Noreg valt inn i Verdsarvkomiteen som er ansvarleg for den internasjonale gjennomføringa av FN sin konvensjon for vern av verdas kultur- og naturarv. Konvensjonen medverkar til å styrkje gjennomføring av berekraftsmåla.

Miljøkriminalitet

Miljøkriminalitet veks med 5–7 pst. årleg, noko som er tre gonger meir enn veksten i den globale økonomien. Regjeringa har starta arbeidet med ei stortingsmelding om miljøkriminalitet. Noreg ønskjer global merksemd på at miljøkriminalitet er ei grenseoverskridande og alvorleg form for organisert kriminalitet som medverkar til tap av naturmangfald og klimagassutslepp, røvar statar for naturressursar og skatteinntekter, og gjer det vanskeleg å nå dei globale berekraftsmåla. Miljøkriminalitet handlar om meir enn berre ulovleg hogst og ulovleg handel med ville arter – også olje, mineralar og kulturminne blir omfatta av slik kriminalitet, i tillegg til forureining og forsøpling. Noreg vil arbeide for å styrkje samarbeidet mellom ulike aktørar som FNs miljøprogram, FNs kontor for narkotika og kriminalitet (UNODC) og INTERPOL.

Politikk for å nå dei nasjonale måla for friluftsliv

Sikring, ivaretaking og tilrettelegging av friluftslivsområde

Stigane og turvegane er dei viktigaste anlegga i friluftslivet. Regjeringa starta i 2019 eit nytt fleirårig prosjekt med mål å fremje planlegging, opparbeiding, skilting og merking av samanhengande nettverk av turstigar i kommunane. Miljødirektoratet leier prosjektet, i nært samarbeid med fylkeskommunane. Det konkrete arbeidet skjer i kommunane, i samarbeid med lokale organisasjonar. Kompetansenettverk, erfaringsdeling og stimuleringsmidlar er sentrale verkemiddel. Eit viktig mål med tiltaket er at den enklaste og vanlegaste forma for friluftsliv, vandring i grøntområde og naturomgivnader, blir endå lettare tilgjengeleg for alle grupper i befolkninga. I 2020 vil igangsetjing av arbeid med ein plan for friluftslivets ferdselsårer i kommunane ha høg prioritet.

Arbeidet med å sikre attraktive friluftslivsområde vil halde fram i 2020, der friluftslivsområde i nærmiljøet og friluftsområde som kan nyttast av mange vil bli prioriterte. Landfaste område i strandsona og område langs vassdrag med lett tilgjenge har også høg prioritet. Gjennom statleg sikring kan område bli tilrettelagde for høg bruk, samtidig som opplevingsverdiar og naturverdiar blir bevarte. I tillegg inneber sikringa eit vern mot nedbygging og anna forringing av områda.

Regjeringa vil i 2020 halde fram med å utarbeide tiltaksplanar og forvaltingsplanar for dei eigedommane som staten eig på dei statleg sikra friluftslivsområda som er freda i medhald av Landsverneplanen for statens kulturhistoriske eigedommar. Arbeidet med å setje i stand dei ti eigedommane med freda bygningsmasse som Miljødirektoratet eig, starta opp i 2017 og er planlagt avslutta i løpet av 2020. Fylkeskommunane skal frå 1. januar 2020 ta over alle fylkesmannen sine oppgåver når det gjeld statleg sikring av friluftslivsområde og ein del av Miljødirektoratets oppgåver når det gjeld forvaltning av statleg sikra friluftslivsområde. Fylkesmannens oppgåver for Skjergardstenesta skal òg overførast til fylkeskommunane frå same dato. I 2020 vil Miljødirektoratet prioritere bistand til fylkeskommunane i dette arbeidet. Regjeringa vil utvikle vidare prosjektet «Historiske vandreruter» i regi av Riksantikvaren og Den Norske Turistforeining. I 2020 vil det bli opna tre nye Historiske vandreruter. Historiske vandreruter er eit samarbeid mellom Den Norske Turistforeining (DNT) og Riksantikvaren, og har som mål å auke kjennskap til og bruk av gamle ferdselsruter med kulturhistoriske og friluftslivsmessige kvalitetar. Regjeringa vil i 2020 føre vidare arbeidet med å vurdere nye einingar av skjergardstenesta i område som i dag ikkje har skjergardsteneste. Dette vil skje i nært samarbeid med kommunar, fylkeskommunar og eventuelle friluftsråd i desse områda, som òg er venta å medverke økonomisk.

Regjeringa samarbeider med Oslo kommune om tre ulike områdesatsingar i Oslo. Dette er Groruddalssatsinga og satsing i Oslo Sør og i Oslo Indre Aust. Regjeringa vil styrkje statens innsats når det gjeld tilrettelegging av parkar og blågrøne område for rekreasjon og naturoppleving i desse områda av Oslo.

Regjeringa vil i 2020 utvikle vidare ordninga «Nasjonale turiststigar», og har som mål å autorisere fleire stigar som Nasjonal turiststig i løpet av året. Frå og med 2020 vil det bli gitt eit årleg grunntilskot på 300 000 kroner til dei stigane som er autoriserte.

Regjeringa er oppteken av at utbygging av hytter skjer på ein berekraftig måte, og er i gang med å hente inn meir kunnskap om omfang og konsekvensar av bygging av hytter i dei sentrale fjellområda i Sør-Noreg, og prognoser for framtidig utbygging i desse fjellområda i åra framover. Denne kunnskapen skal blant anna danne grunnlag for vurdering av om det skal lagast statlege planretningslinjer for delar av fjellområda.

Oppfølging av evalueringa av ordninga statleg sikring av friluftslivsområde

I Handlingsplan for friluftsliv frå 2018 varsla regjeringa at den vil gjere ein gjennomgang av ordninga statleg sikring av friluftslivsområde. Dette for å vurdere om statleg sikring av friluftslivsområde framleis er ein føremålstenleg måte for staten til å medverke til å ta vare på, og utvikle, friluftslivsområde. Ordninga blei oppretta i 1958, og var dermed 60 år gamal i 2018. Klima- og miljødepartementet sette på denne bakgrunn ned ei arbeidsgruppe med deltakarar frå kommunar, fylkeskommunar, friluftsråd og ein representant for friluftsorganisasjonane til å vurdere saka. På bakgrunn av arbeidet og utgreiingane som blei gjennomførte, har Klima- og miljødepartementet konkludert med at ordninga statleg sikring av friluftslivsområde er godt innretta og medverkar til å ta vare på viktige friluftslivsområde, særleg i nærmiljøet. Det blir derfor ikkje gjennomført endringar i ordninga eller i forvaltninga av dei sikra områda no, ut over dei endringane i forvaltningsansvar som skjer i samanheng med regionreforma.

Motivering til friluftsliv

I arbeidet med å stimulere til friluftsliv vil regjeringa prioritere barn, unge, personar som er lite fysisk aktive og personar med innvandrarbakgrunn. Dette inneber blant anna at regjeringa gjennom aktuelle tilskotsordningar, områdesatsingar og andre prosjekt og satsingar vil medverke til å utvikle tiltak som kan rekruttere desse gruppene til friluftsliv.

Barn og unge deltek framleis mykje i friluftsliv, men vi kan ikkje lenger ta for gitt at dei fleste får erfaring med friluftsliv gjennom familien. Prosjektet i regi av Friluftsrådas Landsforbund om å finne ut kva slags friluftslivstiltak som verkar best for barn og unge i ferie og fritid, kartleggje desse og vidareutvikle og optimalisere dei, vil bli ført vidare i 2020. Regjeringa ønskjer meir kunnskap om friluftsliv i barnehage, skulefritidsordning og skule. Eit prosjekt i regi av Norsk Friluftsliv som skal kartleggje og vidareutvikle eit utval eksisterande, suksessrike satsingar innafor natur/friluftsliv retta mot barn og unge i barnehage, skulefritidsordning og skole vil bli ført vidare i 2020.

Allemannsretten

Regjeringa vil føre vidare arbeidet med å informere om allemannsretten, under dette både om dei rettane som allemannsretten gir, men òg om plikta til varsam og omsynsfull ferdsel. Dette vil blant anna skje gjennom det elektroniske undervisningsopplegget om allemannsretten i Salaby og undervisningsopplegget «Smak på naturen», som er utvikla av Miljødirektoratet og er retta mot barnehagebarn frå 4 års alder og skulebarn opp til 4. klasse.

Befolkninga si kjennskap til allemannsretten og kva dei ulike rettane og pliktene inneber, er eit sentralt grunnlag for friluftslivet. Regjeringa vil i 2020 etablere eit opplegg for å dokumentere kva befolkninga veit om allemannsretten. Dette vil òg medverke til å gi svar på i kva grad dei ulike informasjonstiltaka verkar. Regjeringa tek i 2020 sikte på å fremje forslag om å modernisere friluftslovas føresegner om ferdsle i utmark, slik at det ikkje er tvil om at nye, ikkje-motoriserte ferdselsformer er omfatta av ferdselsretten.

Motorferdsle i utmark

Den fortløpande evalueringa av lovendringa våren 2015 som opna for at kommunane kan fastsetje snøskuterløyper for rekreasjonskøyring, vil halde fram til og med 2020. Sluttrapport frå evalueringa kjem i desember 2020. Gjennom evalueringa vil ein innhente kunnskap om effekten av lovendringa. Kunnskapen kan nyttast i den vidare utviklinga av regelverket om motorferdsle. Slik kunnskap vil òg gi innsikt som kommunane kan nytte når dei skal planleggje for nye løyper.

I 2018 vart seks kommunar valde ut til eit forsøk der kommunane har fått mynde til å fastsetje løyper for catskiing. Dette gjeld kommunane Jølster, Eid, Stryn, Surnadal, Vang og Oppdal. Forsøket skal evaluerast etter fire år. Evalueringa vil bli ferdig i tide til at ei eventuell permanent ordning kan tre i kraft før forsøksordninga går ut.

Omfanget av ulovleg motorferdsle er framleis for høgt. Den forsterka innsatsen frå naturoppsynet knytt til kontroll av lovleg og avdekking av ulovleg motorferdsle vil derfor bli ført vidare.

Politikk for å nå dei nasjonale måla for forureining

Forureining som skjer til vatn, jordsmonn, luft og vegetasjon har ofte alvorlege følgjer for helse og miljø. Regjeringa er særleg oppteken av å redusere spreiing av miljøgifter, og hindre at miljøgifter blir samla opp i næringskjeda. Dei viktigaste verkemidla er forureiningslova og produktkontrollova.

Forureiningslova skal medverke til å verne det ytre miljøet mot forureining og redusere eksisterande forureining, og til å redusere mengda avfall og fremje betre avfallshandtering. Formålet er å sikre at forureiningar og avfall ikkje fører til helseskade, går ut over trivselen eller skader naturen si evne til produksjon og sjølvfornying. Lova byggjer blant anna på prinsippet om at forureinar betalar og prinsippet om føre var, og set eit generelt forbod mot forureinande utslepp. Verksemder kan søkje miljøstyresmaktene om utsleppsløyve. I slike løyve vert det sett vilkår for utsleppa.

Produktkontrollova skal førebyggje at produkt og forbrukartenester gir helseskade eller miljøforstyrring, under dette gjennom å fremje effektiv bruk av energi i produkt. Lova inneheld blant anna ei plikt om aktsemd for alle som har å gjere med produkt som kan medføre helseskade eller miljøforstyrring, og ei plikt for at ei verksemd må vurdere sin kjemikaliebruk og nytte mindre skadelege alternativ der det kan skje utan urimeleg kostnad eller ulempe.

Til både forureiningslova og produktkontrollova er det fastsett ei rekkje krav i forskrifter. Tilsyn blir nytta for å avdekkje eventuelle brot på regelverket. Miljøstyresmaktene gjennomfører risikobasert tilsyn ved at dei prioriterer område der påverknad eller risiko for påverknad av miljøet er størst, og der det er stor risiko for brot på miljøregelverket. I tilfelle der dei finn brot på regelverket, vil miljøstyresmaktene gi sanksjonar av ulike slag. Det er mellom anna no opna for at miljøstyresmaktene kan nytte gebyr ved brot på reglane. Strafferamma på alvorlege brot er òg heva frå 1. juli 2019, for å styrkje kamp mot miljøkriminalitet.

Andre viktige verkemiddel i forureiningspolitikken er regelverk som er forvalta av andre styresmakter, avgifter som reflekterer dei samfunnsøkonomiske kostnadane ved utsleppa og som stimulerer til reduserte forureiningar, tilskot over statsbudsjettet og kunnskap om utslepp, spreiing og effektar av forureiningar.

Forureiningar kryssar landegrenser. Eit ambisiøst EU/EØS-regelverk og internasjonale avtaler der landa tek på seg å redusere sine utslepp er difor viktige for å redusere forureiningar som skader miljøet og menneske si helse.

Kjemikaliar

Kjemikaliepolitikken skal redusere risiko for skade på helse og miljø knytt til utslepp og bruk av kjemikaliar generelt. Føre var-prinsippet skal brukast når kunnskapen om risiko for helse og miljø er usikker. Kjemikaliar som er rekna for å utgjere eit alvorleg trugsmål mot helse og miljø, blir sette på den norske prioritetslista1 for miljøgifter – som for tida omfattar 66 stoff. Regjeringa arbeider for å redusere spreiing av miljøgifter. Prioritetslista spesifiserer kva stoff som skal reduserast vesentleg med sikte på å stanse utsleppa innan 2020, og gir føringar om at nasjonalt og internasjonalt arbeid med desse stoffa skal prioriterast. Utsleppa av miljøgiftene på lista blir reduserte gjennom streng regulering både nasjonalt og internasjonalt av produkt, gjennom tiltak for opprydding av forureining, og gjennom krav til industriutslepp og avfallshandtering. Ein viktig del av arbeidet vidare er å følgje opp prioritetslista nasjonalt og internasjonalt, og å identifisere fleire miljøgifter som skal omfattast av prioritetslista. I arbeidet med nye prioriterte miljøgifter blir det vurdert ikkje berre enkeltstoff, det er òg lagt vekt på å vurdere grupper av stoff med like eller nærliggjande eigenskapar og som potensielt kan takast i bruk som erstatningar for kvarandre. På den måten kan ein unngå til dømes uheldige erstatningar med like farlege, nesten like stoff.

Dei tre stoffa/stoffgruppene PFHxA og deira salt; HFPO-DA inkludert ammoniumsaltet (GenX), andre salt og syrehalider; og 3-BC, er vurderte å oppfylle kriteria for prioritetslista, og desse stoffa blir no inkluderte i lista – sjå nærare omtale i boks 7.1.

Boks 7.1 Tre nye stoff/stoffgrupper til prioritetslista for miljøgifter

PFHxA er nytta som erstatning for langkjeda PFAS (per- og polyfluorerte alkylstoff) etter at det vart innført restriksjonar på desse. PFHxA-relaterte stoff gir smuss- og vassavstøtande eigenskapar.

PFHxA er svært mobilt og løyser seg i vatn, og er målt i elvar, sjøvatn og i drikkevatn. Etelege delar av avlingar som frukt og grønsaker er òg ei mogleg kjelde for eksponering av menneske. Når stoffet først er hamna i miljøet vil det ikkje bli brote ned, og utslepp over tid vil kunne hope seg opp, blant anna i drikkevatn. Erfaring tilseier òg at ei akkumulering av slike stoff i (delar av) miljøet gjer at effekten på helse og miljø blir uføreseieleg. Det er derfor heller ikkje mogleg å etablere eit nivå for bruk og utslepp av PFHxA som kan seiast å vere utan risiko for skade på helse og miljø på lang sikt.

PFHxA er påvist i låge nivå i blodet hos menneske mange stadar i verda. Høgare verdiar er påviste i samband med forureining av drikkevasskjelder i Europa. Eksponering for PFHxA kan gi effektar på reproduksjon

HFPO-DA er ein nyare type PFAS som er brukt i blant anna kablar og ein type belegg som kan ha mange bruksområde, t.d. sleppbelegg i kokekar.

HFPO-DA er ikkje vist å kunne brytast ned under naturlege miljøvilkår. Stoffet er svært mobilt og løyseleg i vatn, det er funne i drikkevatn, elvar og sjøvatn. Stoffet kan langtransporterast og er funne langt frå utsleppskjeldene. Når stoffet først er hamna i miljøet vil det ikkje ble brote ned, og utslepp over tid vil medføre auka nivå i delar av miljøet, blant anna i overflatevatn og drikkevatn. Stoffet er òg funne i fisk og i frukt og grønsaker. Desse utgjer, i tillegg til drikkevatn, kjelder til eksponering av menneske.

Det er ikkje mogleg å etablere eit nivå for bruk og utslepp av HPFO-DA som kan seiast å vere utan risiko for skade på helse og miljø på lang sikt. HFPO-DA er funne i blodet hos arbeidstakarar og menneske som bur i nærleiken av produksjonsanlegg. Det er av spesiell bekymring at stoffet kan overførast til fosteret.

3-BC har i hovudsak blitt brukt som UV-filter i solkrem og i anna kosmetikk. I EU er det semje om at 3-BC har hormonforstyrrande eigenskapar i miljøet. Stoffet er ikkje lenger tillate brukt i kosmetikk.

Frå celleforsøk er det vist at 3-BC påverkar østrogenaktivitet. 3-BC kan påverke mobiliteten til sædceller og føre til redusert fertilitet hos fisk. Då 3-BC har hormonforstyrrande eigenskapar, kan det føre til irreversible og langvarige skadeeffektar i populasjonar. Det er vanskeleg å fastsetje eit sikkert nivå for 3-BC i miljøet, då sjølv ei kortvarig eksponering i følsame periodar i organismar si utvikling kan medføre livsvarige skadeeffektar.

Miljøskadelege kjemikaliar blir transporterte over lange strekningar med luft- og havstraumar, gjennom handel med produkt og gjennom avfallsstraumar. Både nasjonalt og internasjonalt arbeid er svært viktig og ein føresetnad for å handtere utfordringane vi står overfor. Regjeringa meiner derfor det er viktig at Noreg følgjer opp internasjonale avtaler om spreiing av miljøgifter som til dømes Stockholmkonvensjonen om persistente organiske stoff og Minamatakonvensjonen om kvikksølv. Nasjonalt er forureiningslova og produktkontrollova med tilhøyrande forskrifter sentrale verkemiddel. Etter produktkontrollova er det blant anna fastsett eit omfattande forskriftsverk om helse- og miljøskadelege kjemikaliar som er i stadig endring og utvikling. Produkt blir omsette internasjonalt, og norske forbod og andre reguleringar må vere i samsvar med Noregs internasjonale plikter om produktregulering og handel. Kjemikalieregelverket i Noreg og EU er harmonisert gjennom EØS-avtala. Hovudregelen er såleis at dei same krava skal gjelde i Noreg og EU. Noreg medverkar aktivt i arbeidet for å styrkje og gjennomføre EU sitt regelverk på kjemikalieområdet.

EU har eit omfattande regelverk for registrering, vurdering, godkjenning og restriksjonar på kjemikaliar (REACH-regelverket), og for klassifisering og merking av helse- og miljøfarlege stoff. Vidare utvikling av desse regelverka er svært viktig i kjemikaliepolitikken.

Noreg har òg felles reglar med EU om produkt med biocid som blir nytta til å øydeleggje uønskte organismar. Noreg gir godkjenning til biocidprodukt for den norske marknaden.

Det europeiske kjemikaliebyrået ECHA (European Chemicals Agency) er navet i ei omfattande kunnskapsutveksling og vidareutvikling av kunnskapsgrunnlaget for EUs kjemikaliearbeid.

Noreg arbeider aktivt for globale tiltak for å redusere forureining og sikre meir forsvarleg handtering av kjemikaliar og avfall, til dømes under Stockholmkonvensjonen om persistente organiske miljøgifter, Baselkonvensjonen om grensekryssande transport av avfall, Rotterdamkonvensjonen om handel med farlege kjemikaliar, Minamatakonvensjonen om kvikksølv, og miljøgiftprotokollane under FNs økonomiske kommisjon for Europa. Noreg arbeider kontinuerleg for global regulering av fleire stoff under Stockholmkonvensjonen. Noreg deltek også i forhandlingane om eit nytt globalt rammeverk for miljøforsvarleg handtering av kjemikaliar og avfall for tida etter 2020.

Kunnskap gjennom forsking, kartlegging av potensielt skadelege stoff i produkt, avfall og utslepp, og miljøovervaking er svært viktig i kjemikaliearbeidet. Betre kunnskap om miljøgifter i Arktis er av stor strategisk vekt for å få på plass regionale eller globale avtaler, fordi det er utbreidd internasjonal semje om at stoff som blir funne att i Arktis, langt frå utsleppskjeldene, utgjer alvorlege problem.

Mål om nullutslepp frå petroleumsverksemda

Det er behov for ytterlegare tiltak for å sikre at nullutsleppsmålet for petroleumsverksemda blir nådd, særleg for olje og naturleg førekommande stoff i produsert vatn. Alle operatørane har gjennomført nye risikovurderingar og felta med høgast miljørisiko har fått pålegg om ytterlegare tiltaksvurderingar med sikte på å minske miljørisikoen.

Gamal forureining i grunn og sjøbotn

Gammal forureining lagra i jord og sjøbotn kan føre til skade på helse og miljø, og vere ei kjelde til spreiing av helse- og miljøskadelege kjemikaliar. Arbeidet med forureina grunn i Noreg har gått føre seg i fleire tiår. I overkant av 2000 grunnforureiningssaker er avslutta, og oppryddingstiltak er gjennomførte på store og alvorlege grunnforureiningslokalitetar, i hovudsak etter pålegg av forureiningslova retta mot ansvarleg forureinar eller grunneigar.

Nye forureina lokalitetar blir kjende når industri blir lagt ned og arealbruken endra. Vi får òg stadig ny kunnskap om miljøgifter og bransjar, som gjer at det blir avdekt fleire område med forureina grunn. Arbeidet med forureina grunn held derfor fram. Arbeidet med opprydding i forureina sjøbotn følgjer føringane i handlingsplanen om forureina sediment frå 2006 (jf. St.meld. nr. 14 (2006–2007) Sammen for et giftfritt miljø). Arbeidet med å rydde opp er godt i gang i fleire område. Av dei 17 høgast prioriterte områda for opprydding av forureina sjøbotn er 7 ferdig eller nær ferdig rydda. Det er rydda opp i Oslo, Trondheim, Tromsø, Harstad og Sandefjord. Arendal og Kristiansand er nær ferdig rydda. I tillegg er delområder i Bergen (Puddefjorden) og Listerfjordane (Farsund og Flekkefjord) ferdig rydda. Horten er planlagt ferdigstilt i 2020. Utover dei 17 prioriterte områda blir det arbeidd med undersøkingar og tiltak ved ei rekkje industrifjordar, skipsverft og i store hamner. Tiltak for å rydde opp i sjøbotn er fremja gjennom fylkesvise tiltaksplanar og prioritering av område som skal ryddast opp. Miljødirektoratet og fylkesmennene arbeider med å syte for at områda blir kartlagde og for at det blir rydda opp der det er naudsynt.

I hovudsak er det prinsippet om at forureinar betaler som skal leggjast til grunn, og bruk av pålegg etter forureiningslova er eit viktig verkemiddel for å sikre naudsynt opprydding av forureina grunn og sjøbotn. Statlege styresmakter medverkar med finansiering der dette er aktuelt og naudsynt i samanhengar der den ansvarlege av ulike årsaker ikkje kan identifiserast, ikkje kan stå for ei god opprydding eller der det vil vere urimeleg at den ansvarlege skal dekkje alle kostnadene, jf. omtale av tildelingskriterium for oppryddingspostane kap. 1420, post 39, 69 og 79. Opprydding i forureina grunn og sjøbotn er kostbart og tidkrevjande. I fleire år har hovudvekta av arbeidet på dei prioriterte områda med forureina sjøbotn vore tiltak i innleiande fasar med undersøkingar, pilotprosjekt og liknande. Arbeidet er no komme over i ein fase der fleire område i åra framover vert klare for tildekking og mudring og deponering av forureina sjøbotn. Desse tiltaka er dei mest kostnadskrevjande i arbeidet. Det må prioriterast mellom dei ulike områda i den vidare gjennomføringa av opprydding.

Farleg avfall

Farleg avfall inneheld helse- og miljøfarlege stoff. Farleg avfall på avvege kan føre til at miljøgifter blir spreidde og hopar seg opp i naturen. Farleg avfall kan heller ikkje behandlast saman med vanleg avfall fordi det kan medføre alvorlege forureiningar. Det overordna målet for farleg avfall er at det blir samla inn og får ei trygg behandling. Farleg avfall skal takast forsvarleg hand om og anten gå til gjenvinning eller vere sikra god nok nasjonal behandlingskapasitet. Det er òg strenge reglar som skal hindre at slikt avfall blir eksportert til land utan kapasitet til å behandle det forsvarleg. Auka materialgjenvinning av farleg avfall som kan skje utan vidare spreiing av miljøskadelege stoff er i tråd med intensjonen om sirkulær økonomi, og norsk avfallspolitikk.

Farleg avfall oppstår i landbasert industri, i petroleumsindustri og bergverksdrift, i hushalda, og ved avfallsforbrenning. I 2017 oppstod det ifølgje SSB 1,53 mill. tonn farleg avfall i Noreg. Dette er ein auke på nærare 4 prosent i forhold til året før, og ein auke på 90 prosent i forhold til 2003. Auken kan dels forklarast med auka aktivitet i industrien, dels med at meir avfall frå petroleumsindustrien til havs har blitt ført til land. I tillegg har strengare regelverk både i EU og i Noreg ført til at fleire avfallstypar er klassifiserte som farleg avfall. Det blir òg produsert og omsett stadig fleire produkt, og mange av desse inneheld helse- og miljøfarlege stoff. For å medverke til å førebyggje farleg avfall er det viktig å arbeide for at det blir utvikla meir miljøvennlege produkt.

Dagens deponi for uorganisk farlig avfall på Langøya vil vere fullt innan få år. Det er viktig at Noreg held ved lag ein nasjonal behandlingskapasitet for farleg avfall i samsvar med dei internasjonale pliktene som følgjer av Basel-konvensjonen og EUs avfallsdirektiv.

I samsvar med regjeringsplattforma, og som svar på oppdrag frå KLD, la Miljødirektoratet i juni 2019 fram vurderingar av høva til å redusere mengda farleg avfall som blir generert, og høva til å auke materialgjenvinning av slikt avfall.

Våren 2019 nedsette regjeringa også eit ekspertutval om farleg avfall som skal vurdere både korleis mengda farleg avfall kan reduserast og korleis framtidig behandlingskapasitet kan sikrast. Utvalet skal vurdere høva til auka ressursutnytting av farleg avfall blant anna som følgje av bruk av ny teknologi. I tillegg skal det vurdere mengdene farleg avfall som vil trenge ei deponiløysing både på kort og lang sikt, og korleis framtidig deponikapasitet kan sikrast. Utvalet skal ferdigstille sitt arbeid i november 2019.

Tidlegare har forsøk på å etablere eit nytt deponi for farleg avfall i Brevik i Porsgrunn kommune blitt stoppa av kommunen. Klima- og miljødepartementet vart i 2017 oppnemnt som ansvarleg myndigheit for å fastsetje planprogram for eit mogleg deponi i Brevik, og i 2018 ferdigstilte forslagsstillar NOAH ei konsekvensutgreiing av tiltaket. I Nesset kommune er det òg utarbeidd ei konskvensutgreiing av eit mogleg deponi for farleg avfall på Raudsand, og våren 2019 vedtok kommunen reguleringsplanen med innsigelse.

Det er foreløpig ikkje teke noko avgjerd om det er behov for vidare statleg involvering for å få på plass ny kapasitet for behandling og deponering av farleg avfall.

Sirkulær økonomi og avfall

Det overordna målet med avfallspolitikken er å syte for at skadane frå avfall blir så små som mogleg på menneske og naturmiljø. Samtidig ønskjer ein å auke utnyttinga av ressursane i avfallet ved at ressursane i avfallet blir haldne i krinsløp lengst mogleg, og kjem til nytte som råvarer for nye produkt.

Å redusere mengda avfall som går til sluttbehandling samstundes som vi utnyttar ressursane i avfallet betre er sentralt i ein sirkulær økonomi. Regjeringa arbeider med ein nasjonal strategi for sirkulær økonomi. Denne skal famne breitt og omfattar ei rekkje departement med ulike verkemiddel. Klima- og miljødepartementet skal òg lage ein handlingsplan for å auke delen klima- og miljøvenlege anskaffingar og grøn innovasjon.

Dei stadig veksande avfallsmengdene gjer at utfordringane knytte til avfallsbehandling på lang sikt vil auke om ein ikkje lukkast med å førebyggje avfall. Over tid har strengare krav til deponi og forbrenningsanlegg og bruk av meir miljøvennleg teknologi medverka til betydelege reduksjonar i utslepp til luft og vatn frå sluttbehandling av avfall. Dei store grepa i avfallspolitikken er difor ikkje lengre knytte til utsleppa frå sluttbehandling av avfall, men til å redusere avfallsmengdene, auke ombruk av produkt og auke materialgjenvinninga. På den måten reduserer vi utslepp frå uttak av ressursar og frå produksjon og transport av nye produkt.

Avfallspolitikken blir gjennomført gjennom eit samspel mellom ei rekkje ulike verkemiddel: forureiningslova og forskrifter gitt i medhald av lova, avgifter, refusjons- og panteordningar, bransjeavtaler og informasjonstiltak, og kombinasjonar av desse. Verkemidla skal sikre ein samfunnsøkonomisk og miljøvis god balanse mellom det som blir gjenvunne som material og det som blir energiutnytta eller deponert. Fleire verkemiddel skal stimulere til materialgjenvinning eller energiutnytting, under dette forbod mot deponering av nedbryteleg avfall og produsentansvar for fleire typar avfall. Det er etablert eigne retursystem for fleire ulike avfallsfraksjonar, mellom anna for elektrisk og elektronisk avfall, batteri, bilvrak, PCB-haldige isolerglasruter og emballasjeavfall. Desse retursystema skal medverka til høg gjenvinningsgrad, samtidig som miljøgifter i avfallet blir sikra ei forsvarleg behandling. Departementet vurderer verkemidla fortløpande.

Regjeringas stortingsmelding om avfallspolitikk og sirkulær økonomi Meld. St. 45 (2016–2017) Avfall som ressurs, og Stortinget si behandling av denne, vil bli følgt opp vidare. I meldinga er vektlagt førebygging, auka ombruk og materialgjenvinning av avfall.

EU vedtok våren 2018 nytt avfallsregelverk. Endringane medfører mellom anna betydeleg meir ambisiøse mål om materialgjenvinning for kommunalt avfall, dvs. avfall frå hushalda og liknande avfall frå næringslivet, og av emballasjeavfall. For kommunalt avfall er det krav om 55 pst. materialgjenvinning innan 2025, 60 pst. innan 2030 og 65 pst. innan 2035. For emballasjeavfall er det ulike delkrav om materialgjenvinning for dei ulike materialslaga for 2025 og 2030. For all emballasje er det eit samla krav om 35 pst. materialgjenvinning i 2025 og 70 pst. I 2030.

Samstundes har Noreg, gjennom gjeldande EU/EØS-regelverk, krav om 50 pst. materialgjenvinning av kommunalt avfall, og 70 pst. materialgjenvinning av bygg- og anleggsavfall innan 2020. Klima- og miljødepartementet ser no på verkemiddel for å nå desse måla.

Ei heilt sentral prioritering har vore å førebyggje matsvinn. Fem departement med Klima- og miljødepartementet som koordinerande departement inngjekk i 2017 ei avtale med matbransjen, representert ved alle dei store bransjeorganisasjonane. Målet for samarbeidet er å halvere matsvinn innan 2030, jf. òg FNs berekraftsmål på området. Avtalen er open for at einskilde verksemder òg kan slutte seg til, og det er i dag ei rekkje enkeltverksemder som er med i avtala.

Marin forsøpling og mikroplast

Marin forsøpling og tilførsel av mikroplast til havet er ei av dei mest alvorlege globale miljøutfordringane. Dette er ei omfattande og kompleks problemstilling som krev tiltak på mange område, både nasjonalt og internasjonalt. Regjeringa har ei brei tilnærming til å redusere marin forsøpling og mikroplast.

Dette er nærare beskrive i regjeringas Strategi mot marin plastforsøpling og spreiing av mikroplast (plaststrategi) som inngår i Meld. St. 45 (2016–2017) Avfall som ressurs. Strategien er utarbeidd på bakgrunn av Miljødirektoratet sine vurderingar av kjelder og tiltak, og omfattar tiltak nasjonalt og internasjonalt mot høvesvis marin forsøpling og spreiing av mikroplast. Desse vurderingane blir no oppdaterte i lys av ny kunnskap på området. Plaststrategien omfattar òg nordisk og EUs arbeid på området, inkludert norske og nordiske synspunkt inn i EUs arbeid. Endeleg er det gjort greie for viktige internasjonale initiativ.

EUs strategi for plast i ein sirkulær økonomi inneheld ei rekkje forslag til tiltak for å redusere miljøkonsekvensar av plast og mikroplast som er relevante og viktige, òg for Noreg. Noreg arbeider aktivt mot EU i dei aktuelle prosessane og følgjer opp EU sitt arbeid nasjonalt.

Engasjementet mot marin forsøpling har auka sterkt i alle delar av samfunnet. Blant anna har talet deltakarar i Hald Noreg Reint sin strandryddekampanje auka betrakteleg dei seinare åra. Hald Noreg Reint har ei avgjerande rolle i å koordinere det frivillige ryddearbeidet og medverkar med rettleiing og informasjon. Dei styrkjer òg samarbeidet på marin forsøpling nasjonalt og internasjonalt gjennom å samle relevante aktørar på området.

I Noreg er det særleg plastavfall frå fiskeri- og oppdrettsnæringa og avfall frå forbrukarar som er dei største kjeldene til marin forsøpling, i tillegg til bygg- og anleggsavfall, avfall frå skipsfart og langtransportert avfall.

I St. 35 (2016–2017) Oppdatering av forvaltningsplanen for Norskehavet vart status for marin forsøpling og mikroplast for alle norske havområde beskriven for første gong. Status er no oppdatert i eit spesialtema om marin forsøpling og mikroplast i Status for miljøet i Norskehavet, rapport frå Overvakingsgruppa 2019.

Eingongsartiklar av plast er ei kjelde til marin forsøpling i Noreg og regjeringa arbeider for å redusere bruken av desse. Miljødirektoratet har kartlagt omsetning og forsøpling av slike artiklar i 2019. Noreg skal raskt følgje opp EU sitt direktiv om miljøkonsekvensane av eingongsartiklar av plast og fiskeriutstyr. Miljødirektoratet har mellom anna fått i oppdrag å utarbeide forslag til forbod mot einskilte eingongsartiklar av plast, dei same som vert forbodne gjennom EU sitt direktiv.

Departementet har samstundes starta eit samarbeid med næringslivet for å redusere miljøkonsekvensar av eingongsartiklar av plast som ikkje skal bli forbodne. Departementet har sett ned ei arbeidsgruppe med representantar frå næringslivet, arbeidstakar- og miljøorganisasjonar som skal vurdere tiltak for å redusere miljøkonsekvensar av eingongsartiklar av plast, inkludert tiltak som kan inngå i ei avtale mellom myndigheitene og næringslivet. Gruppa skal gi sine samla tilrådingar innan 1. mars 2020.

Regjeringa har sett i gang og vil i 2020 følgje opp pågåande utgreiingar av eit mogleg forslag til produsentansvar for høvesvis fiskerinæringa og oppdrettsnæringa, og vurderer òg andre tiltak for å redusere utslepp av plast frå desse næringane. I tillegg vert det vurdert å innføre eit system som skal sikre at fiskarar og andre kan levere avfall dei har teke opp frå havet (marint avfall) i hamn utan meirkostnad. Denne ordninga skal avløyse pilotprosjektet «Fishing for Litter». Mellombels vil ordninga «Fishing for litter» bli utvida med to nye hamnar. Noreg vil følgje opp og gjennomføre EUs nyleg reviderte skipsavfallsdirektiv. Miljødirektoratet samarbeider med Fiskeridirektoratet og Sjøfartsdirektoratet om å samanstille ny kunnskap om plastavfall og mikroplast frå sjøbaserte kjelder, blant anna frå fôrrøyr.

Nedbryting av plastavfall i havet er ei stor kjelde til mikroplast. Derfor er tiltak for å redusere marin forsøpling eit viktig bidrag til å redusere tilførsla av mikroplast til det marine miljøet. I tillegg medverkar fleire landbaserte og sjøbaserte kjelder til utslepp av mikroplast. I Noreg er mellom anna dekkslitasje, kunstgrasbaner, maling og tekstilar identifiserte som viktige kjelder til spreiing av mikroplast.

Det er sendt på høyring eit forslag om forskrift om drift og utforming av kunstgrasbaner, som vil kunne redusere utsleppa av mikroplast frå kunstgrasbaner med over 90 prosent. Miljødirektoratet har vidare foreslått verkemiddel for å redusere miljøkonsekvensar av mikroplastutslepp frå bildekk, som er til vurdering i departementet.

Når økodesigndirektivet vert revidert, vil tekniske moglegheiter og krav til reinsing av mikroplast frå vask av tekstilar bli vurderte. Her har Noreg gått føre med forslag om dette.

EUs kjemikaliebyrå har utarbeidd eit restriksjonsforslag under kjemikalieregelverket REACH om tilsett mikroplast i produkt slik som til dømes kroppspleieprodukt og vaskemiddel. Noreg har aktivt medverka i EUs prosess på dette området.

Ei regulering av mikroplast på EU-nivå vil òg gjelde for Noreg gjennom EØS-avtala.

Regjeringa har teke fleire grep for å styrkje og samordne opprydding av marin forsøpling. Desse vil bli førte vidare i 2020. Miljødirektoratet har etablert og leiar eit samarbeidsforum mellom dei etatane som arbeider med opprydding av marint avfall.

Det er eit mål at Senter for oljevern og marint miljø skal utviklast til eit nasjonalt og internasjonalt kompetansesenter. Senteret skal arbeide for å fremje kunnskap, kostnadseffektive og miljøvennlege teknologiar og metodar for arbeidet med oljevern og marin plastforsøpling. Senteret utviklar no, i samarbeid med Hald Noreg Reint, blant anna nasjonale ryddekart som skal medverke til meir koordinert og kunnskapsbasert opprydding i heile landet. Fylkesmennene har fått i oppgåve å koordinere samarbeidet om opprydding av marin forsøpling der relevante statlege aktørar medverkar i samarbeid med kommunar, interkommunale selskap, og privat- og frivillig sektor. Senteret skal i dialog med fylkesmennene gjennomføre pilotprosjekt for regionalt koordinerte ryddeaksjonar der mellom anna potensialet for større bruk av tilgjengelege statlege ressursar skal belysast.

Miljødirektoratet si tilskotsordning inneber at det blir delt ut midlar til ei rekkje tiltak til opprydding og førebygging av marin forsøpling.

Ei grunnleggjande føring er at tilskot berre vert gitt til kostnader for opprydding av avfall utan kjend eigar.

Noreg er initiativtakar og globalt leiande i arbeidet i FNs miljøforsamling (UNEA) mot marin forsøpling og mikroplast. I 2017 fekk Noreg tilslutning til eit vedtak som blant anna inneheld ein nullvisjon mot vidare tilførsler til havet. Vi fekk òg tilslutning til å opprette ei ekspertgruppe som mellom anna skal sjå på høvet til sterkare globale forpliktingar mot marin forsøpling og spreiing av mikroplast. På FNs miljøforsamling sitt møte i mars 2019 vart det vedteke å styrkje arbeidet mot marin forsøpling ytterlegare, gjennom blant anna vidareføring av ekspertgruppa og styrking av forsking og kunnskapsgrunnlaget. Noreg vil i 2020 følgje opp arbeidet tett og framleis vere pådrivar i prosessen om dette under FNs miljøforsamling fram mot neste møte i 2021. Blant anna har dei nordiske miljøministrane vedteke ei erklæring der dei oppfordrar til at det blir utvikla ein ny global avtale, og oppmodar andre land om støtte. Ein nordisk rapport om moglege element i ei avtale skal utarbeidast.

Vi vil òg ha høgt trykk på å styrkje tiltaka gjennom oppfølging av handlingsplanen mot marin forsøpling og spreiing av mikroplast under FNs sjøfartsorganisasjon. Blant anna gjer vi dette gjennom å opprette eit bistandsprosjekt for dette saman med IMO og FAO.

Noreg vil òg styrke arbeidet med plastavfall under Baselkonvensjonen om grensekryssande transport av avfall. På partsmøtet til Baselkonvensjonen i 2019 vart partane etter forslag frå Noreg samde om strengare kontroll med grensekryssande handel med plastavfall og eit partnarskap mellom styresmakter, næringsliv og miljøorganisasjonar for betre behandling av plastavfall. Ei positiv følgje av det er òg at det vert lettare å byggje opp ein attvinningsindustri for plast i Europa, og gjennom det styrke den sirkulære økonomien. Styrking av det regionale havmiljøsamarbeidet og det arktiske samarbeidet mot marin forsøpling er òg viktig for Noreg.

Noreg vil òg prioritere det nyleg starta samarbeidet med Russland om marin forsøpling og mikroplast i Barentshavet. Samarbeid med andre utvalde land, både bilateralt og gjennom multilaterale og regionale fora, vil stå sentralt. Gjennom regjeringas bistandsprogram mot marin forsøpling og mikroplast er det prioritert tiltak i store utsleppsland.

Radioaktiv forureining

Nivået på radioaktiv forureining generelt er lågt. Utslepp og avfall er nært knytt til aktiviteten i ulike sektorar. Radioaktive stoff er nytta til mellom anna behandling av pasientar på sjukehus og i forsking og utdanning. Det er òg radioaktive komponentar i enkelte forbrukarprodukt som for eksempel røykvarslarar. Radioaktiv forureining og radioaktivt avfall kan oppstå som eit biprodukt i ulike typar prosessindustri, og ved utvinning av mineral og graving i alunskiferhaldig grunn. Forureining og avfall følgjer òg av konsentrering av naturleg førekommande radionuklidar som finst i berggrunnen, slik som ved utvinning av olje og gass, og ved framstilling av radioaktive stoff.

Radioaktiv forureining av norske land- og havområde skjer vidare frå internasjonale kjelder, slike som historiske atomsprengingar i atmosfæren og Tsjernobyl-ulykka. Framtidige ulykker knytte til anlegg i nærområda våre, i særleg grad dei gamle atomkraftverka i Russland, vil kunne ha store konsekvensar for Noreg. I 2020 vil det bli arbeidd vidare med å vurdere og leggje til rette for lagrings- og deponikapasitet for radioaktivt avfall. Det er særleg fokus på deponiløysingar på lang sikt og løysingar for det brukte atombrenselet og anna avfall frå forskingsreaktorane i Halden og på Kjeller. Dette er òg relevant knytt til avvikling av forsøksreaktorane. Direktoratet for strålevern og atomtryggleik har gjennomgått regelverket på området og utviklar rettleiar om avfallsklassifisering ved overflatekontaminering. Dette er særleg relevant ved rivingsarbeid for å avgrense mengda radioaktivt avfall som må handterast. Eit heilskapleg fagleg grunnlag for revidering av forvaltingsplanen for Barentshavet – Lofoten og oppdatering av forvaltningsplanane for Norskehavet og Nordsjøen – Skagerrak blei ferdigstilt frå Fagleg forum våren 2019. Risiko for og overvaking av radioaktiv forureining i havområda er ein viktig del av det arbeidet.

Langtransportert luftforureining

Det internasjonale arbeidet med å redusere langtransportert luftforureining er framleis viktig for å redusere tilførsler av sur nedbør og andre forureiningar til Noreg. Arbeidet skjer innanfor ramma av UNECE-konvensjonen om langtransportert grenseoverskridande luftforureiningar som vart vedteken i 1979. Landa som deltek i samarbeidet under denne konvensjonen har i Gøteborgprotokollen av 1999 teke på seg talfesta forpliktingar om å redusere sine årlege utslepp av svovel (SO2), nitrogenoksidar (NOx), flyktige organiske sambindingar unnteke metan (nmVOC) og ammoniakk (NH3) for 2010 og åra deretter.

Partane vedtok 4. mai 2012 ei endring til Gøteborgprotokollen. Den viktigaste delen av endringa er at partane tok på seg nye forpliktingar om å redusere sine årlege utslepp av luftforureiningar. Endringa inneber at det er teke eit nytt steg i det internasjonale samarbeidet om å redusere langtransportert luftforureining som skader menneskes helse, økosystem, avlingar og materialar.

Dei nye pliktene er uttrykte som ein prosentvis reduksjon av dei årlege utsleppa, samanlikna med utsleppa i 2005, gjeldande for 2020 og åra deretter. Det er fastsett nye plikter for dei fire nemnde stoffa og for små helseskadelege partiklar (PM2,5). For partar som godkjenner endringa av 4. mai 2012, gjeld pliktene om årlege utslepp i den opphavlege protokollen av 1999 berre til og med 2019. Ved forhandlingane i 2012 om nye plikter, tok Noreg på seg å gjennomføre følgande utsleppsreduksjonar frå 2005: SO2: 10 %, NOx: 23 %, nmVOC: 40 %, ammoniakk: 8 % og PM2,5: 30 %. Regjeringa førebur no at Noreg skal godkjenne endringa til Gøteborgprotokollen av 4. mai 2012.

Noreg reduserte utsleppa av svovel med 37 % frå 2005 til 2017, medan utsleppa av NOx vart reduserte med 25 %. Noreg overheld med det den nye plikta for utslepp av svovel med god margin. For NOx overheld Noreg forpliktinga med mindre marginar, men trenden er at desse utsleppa vil minske dei kommande åra.

For nmVOC hadde Noreg til 2017 redusert utsleppa med 37,4 % frå 2005. Det står att å redusere 2,6 %. Trenden er at utsleppa av nmVOC framleis vil minske, men Miljødirektoratet har peika på ulike faktorar som kan påverke utviklinga.

Utsleppa av ammoniakk gjekk ned med 2,2 % frå 2005 til 2017, og må minske ytterlegare for at Noreg skal overhalde forpliktinga om å redusere dei årlege utslepp med 8 % frå nivået i 2005. Landbruks- og miljøstyresmaktene samarbeider no om å vurdere tiltak og verkemiddel for ytterlegare reduksjon av ammoniakkutsleppa.

For partiklar (PM2,5) var utsleppa i 2017 reduserte med 28,7 % frå 2005. Det står att å redusere 1,3 %. Miljødirektoratet si utsleppsframskriving indikerer at Noreg vil overhalde den nye plikta frå 2020. For 2020 og dei næraste åra er det likevel risiko for at utsleppa i einskilde år kan overskride plikta, dersom ein kald vinter gir unormalt høgt forbruk av ved.

Arbeidet med å redusere langtransportert luftforureining er basert på omfattande kunnskap gjennom overvaking, forsking og analysar av utslepp, tilførsler og effektar av luftforureiningar, og strategiar for å redusere utslepp i tråd med felles miljømål på tvers av landa i Europa. Norske fagmiljø som Meteorologisk institutt, Norsk institutt for luftforsking og Norsk institutt for vassforsking medverkar i vesentleg grad til kunnskapsutviklinga gjennom sine funksjonar som internasjonale fagsenter under Konvensjonen om grenseoverskridande langtransportert luftforureining.

Det er viktig å medverke til at fleire av landa i Sør- og Aust-Europa, Kaukasus og Sentral-Asia sluttar seg til Gøteborgprotokollen. Noreg medverkar til finansiering av kapasitetsbygging for å setje desse landa i stand til å ratifisere og implementere protokollen. Arbeidet skjer i regi av FNs Økonomiske kommisjon for Europa (UNECE).

Globalt er luftforureining sett på som ein av dei største miljørelaterte truslane mot folks helse. Helseeffektane av luftforureining medfører betydelege samfunnsøkonomiske kostnader i form av bl.a. for tidleg død, behandlingskostnader og sjukefråvær. Noreg tek del i fleire internasjonale samarbeidsfora som har som oppgåve å betre kunnskapen om effektane luftforureiningar har på menneske si helse, overføring til andre regionar av erfaringar frå arbeidet under UNECEs Luftkonvensjon, og bistand til å utgreie og gjennomføre tiltaksstrategiar for å redusere luftforureiningane.

Regjeringa arbeider innanfor FNs sjøfartsorganisasjon (IMO) for å utvikle eit meir effektivt regelverk for å redusere utsleppa til luft frå skipsfarten. I lågutsleppsområdet for svovel i Nordsjøen har det sidan 1. januar 2015 vore stilt svært strenge krav til mengde svovel i bunkersoljen. Høgste lovlege grense i dette området er no 0,1 % svovel. Krava i sjøområda utanfor lågutsleppsområdet (Nordsjøen) blir frå 1. januar 2020 stramma inn til maksimalt 0,5 % svovel i bunkersoljen. IMO vedtok i juli 2017 å etablere eit lågutsleppsområde for NOx (NECA) i Nordsjøen og Austersjøen. Dette inneber at skip som seglar i desse havområda og som er bygde etter 1.1.2021 må innfri strengare krav til utslepp av NOx.

Lokal luftforureining

Klima- og miljødepartementet har det overordna ansvaret for å nå måla om lokal luftkvalitet, og ei pådrivarrolle mot andre departement og etatar for å få gjennomført tiltak som kan redusere luftforureining.

Noreg er blant dei landa i Europa som har lågast risiko for tidleg død som følgje av lokal luftforureining. Dårleg luftkvalitet fører likevel til alvorlege helseplager for befolkninga.

Trenden for nivåa av nitrogendioksid (NO2) går generelt ned, og i 2018 hadde Noreg for første gong ingen brot på grenseverdien for NO2. Svevestøvnivåa (PM10 og PM2,5) er òg blitt lågare dei siste 20 åra, men dei blir i stor grad påverka av meteorologiske forhold som varierer frå år til år. I tillegg er den lokale luftkvaliteten òg påverka av variasjon i lokale utslepp, langtransportert luftforureining, og av kva slag tiltak som blir sette i verk av kommunane frå år til år.

Det er likevel eit stykke igjen til vi når dei nasjonale måla for svevestøv. Det nasjonale målet for PM10 vart i 2018 overskride i seks byområde (Oslo, Hamar, Drammen, Kristiansand, Lillehammer og Lørenskog). Det nasjonale målet for PM2,5 vart overskride i fire byområde (Oslo, Bærum, Sarpsborg, Halden, Lillehammer, Rana, Moss, Stavanger og Fredrikstad).

Det nasjonale målet for lokal luftkvalitet blei endra frå 1. januar 2017 i tråd med tilrådinga frå Miljødirektoratet, Vegdirektoratet, Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet i rapport M-129 «Grenseverdier og nasjonale mål – Forslag til langsiktige helsebaserte nasjonale mål og reviderte grenseverdier for lokal luftkvalitet» og samsvarer no med Miljødirektoratet og Folkehelseinstituttets luftkvalitetskriterium.

Forureiningsforskrifta kapittel 7 er det sentrale verkemiddelet for lokal luftkvalitet. I forskrifta er kommunane gjort til forureinings-styresmakt for lokal luft. Forskrifta gir grenseverdiar for konsentrasjonar av ei rekkje stoff i luft. Grenseverdiane for svevestøv vart skjerpa frå 1. januar 2016, i tråd med tilråding frå Miljødirektoratet med fleire frå 2014 og ei ytterlegare skjerping er under utgreiing. Forureiningsforskrifta stiller òg krav til målingar, utrekningar, utgreiingar av tiltak og rapportering. Forskriftskrava har utspring i EUs luftkvalitetsdirektiv, som er teke inn i EØS-avtala.

Noreg vart dømt i EFTA-domstolen hausten 2015 for brot på luftkvalitetsdirektivet for perioden 2009–2017, ved (i) overskridingar av grenseverdiane for NO2 og PM10, og (ii) ved at det ikkje var utarbeidd tilstrekkelege tiltaksutgreiingar i aktuelle kommunar/soner.

Dei siste åra har det vore viktig å utvide verktøykassa til kommunar og anleggseigarar, slik at det kan setjast i verk tiltak i periodar med overskridingar av grenseverdiane i forureiningsforskrifta.

For å leggje til rette for ytterlegare tiltak som betrar luftkvaliteten, har regjeringa sett i gang ei rekkje arbeid. Mellom anna er det lagt til rette for at kommunar som ønskjer det kan opprette lågutsleppssoner, gjennom ei sentral forskrift for lågutssleppssoner for bilar. Yrkestransportlova er endra slik at det er opna for at løyvestyresmakta kan stille miljøkrav for drosjer og det er lagt til rette for å differensiere bompengesatsane på bakgrunn av miljøeigenskapar. Det har blitt etablert eit nasjonalt berekningsverktøy for 14 byar for lokal luftkvalitet og 30. februar 2019 kom varslingstenesta Luftkvalitet i Noreg, som varslar luftkvalitet to dagar fram i tid til bruk for befolkning og kommune. Tenesta er unik i europeisk skala og visar varsling av lokal luftkvalitet for heile Noreg. Vidare blir det utvikla fagbrukarteneste der behova til fagbrukarar og saksbehandlarar i forvaltninga er i fokus. Denne tenesta skal gi støtte til kommunane sitt arbeid med å setje inn treffsikre langsiktige tiltak for betra luftkvalitet.

Støy

Regjeringa vil arbeide for å redusere støyplager gjennom å følgje opp nasjonale og internasjonale forpliktingar. Miljøstyresmaktene følgjer opp status og utvikling i støyutsleppa og støyplaga generelt. Klima- og miljødepartementet har det overordna ansvaret for støy og ei koordinerande rolle overfor andre departement og etatar for å få gjennomført tiltak som kan redusere støyplager. Dei ulike sektordepartementa har hovudansvaret for å sikre at støyplaga blir redusert innanfor sin samfunnssektor, og å medverke til at det nasjonale målet for støy kan bli nådd.

Talet på støyplaga personar blant dei som var utsette for høg støy ved bustaden i 1999 er redusert med 9 pst. mellom 1999 og 2014. I denne utrekninga er det ikkje teke omsyn til folkevekst eller tilflytting til område som er plaga av støy. Generelt vil trafikkvekst og folkevekst i område påverka av støy føre til fleire støyutsette, noko som forklarer kvifor vi samtidig opplever ein generell auke i talet på nordmenn som er utsette for støy. Talet på personar utsette for høg innandørs støy aukar. Utviklinga viser at det kan bli vanskeleg å nå det fastsette målet om at talet på personar utsette for over 38 dB innandørs støynivå skal reduserast med 30 pst. frå 2005 til 2020, og det trengst fleire tiltak.

Forureiningsforskrifta kapittel 5 stiller krav om at anleggseigarar gjennomfører støyreduserande tiltak ved/på bustader der innandørs støy overstig 42 dB. EUs rammedirektiv for støy er òg teke inn i forureiningsforskrifta, og i tråd med dette skal anleggseigarar og dei største bykommunane kartleggje støy og utarbeide handlingsplanar for å redusere støy.

Ei rekkje tiltak er fastsette i ein nasjonal handlingsplan mot støy. Samferdselsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Klima- og miljødepartementet har gitt sine etatar i oppdrag å greie ut ein ny måleindikator for støy som har fokus på søvnforstyrring, og å tilråde dei mest kostnadseffektive tiltaka i prioritert rekkjefølgje, for å redusere støy. Etatane skal òg vurdere effekten av tiltaka. Utgreiinga skal vere ferdig innan hausten 2019.

Ein fornuftig arealbruk etter plan- og bygningslova er eit viktig, og kostnadseffektivt, verkemiddel for å førebyggje støyproblem. Det er gitt ei felles retningslinje (T-1442/2016) for behandling av støy i plansaker, med fokus på dei største støykjeldene.

Politikk for å nå dei nasjonale måla for klima

Regjeringa fører ein ambisiøs klima- og miljøpolitikk som byggjer på forvaltaransvaret og føre var-prinsippet. Regjeringa legg vekt på å styrkje Noregs konkurransekraft, skape grøn vekst og nye grøne arbeidsplassar. Det er naudsynt med ei omstilling til eit moderne, berekraftig lågutsleppssamfunn. Noreg har høg kompetanse, teknologi og tilgang på kapital som gjer det mogleg å medverke betydeleg til denne omstillinga. Klimakonvensjonen og Parisavtala legg grunnlaget for norsk klimapolitikk. For informasjon om internasjonalt klimaarbeid, inkludert Parisavtala, sjå Programkategori 12.70 (Internasjonalt klimaarbeid).

Vi vil oppfylle vårt mål om 30 pst. utsleppsreduksjon i 2020 samanlikna med 1990 gjennom vår forplikting under Kyotoprotokollen om å redusere utsleppa i gjennomsnitt 16 pst. i 2013–2020.

Målet om minst 40 pst. utsleppsreduksjon i 2030 skal følgjast opp gjennom ei avtale om felles oppfylling med EU. Regjeringa vil følgje målet om at Noreg skal vere klimanøytralt i 2030 og medverke til at Noreg skal bli eit lågutsleppssamfunn i 2050. Sjå nærare omtale av oppfølging av klimamåla for 2030 og 2050, og klimatilpassing i del IV.

Regjeringa vel verkemiddel ut frå kriteriet om at forureinar skal betale og at klimamåla skal bli nådd til lågast mogleg kostnad og med størst mogleg tryggleik, og vil halde fram arbeidet med grønt skatteskifte. Dei viktigaste verkemidla i norsk klimapolitikk er CO2-avgifta og EUs kvotesystem, som set ein pris på utslepp av klimagassar. Om lag 80 pst. av dei samla norske utsleppa er omfatta av desse verkemidla. Regjeringa vil innføre flat CO2-avgift for alle sektorar og trappe denne opp fem prosent årleg fram til 2025. Miljødirektoratet har ansvaret for kvotesystemet og den norske kvoterekneskapen under Kyoto-protokollen. Nærare detaljar om CO2-avgifta står i Prop. 1 LS (2018–2019) Skatter og avgifter 2019 frå Finansdepartementet.

I tillegg er andre verkemiddel viktige for å redusere klimagassutslepp, mellom anna direkte regulering, standardar, avtaler og tilskot til utsleppsreduserande tiltak. Klimagassutsleppa er mellom anna regulert i forureiningslova, plan- og bygningslova og produktkontrollova med tilhøyrande forskrifter. Dei statlege planretningslinjene for samordna bustad-, areal- og transportplanlegging har mellom anna som mål at utbyggingsmønster og transportsystem skal fremje kompakte byar og tettstader og leggje til rette for klima- og miljøvennleg transport.

Regjeringa vil støtte utvikling og spreiing av nullutsleppsløysingar og medverke til å skape marknader for nullutsleppsteknologi. Enova er eit viktig verkemiddel og skal gjennom å medverke til varige marknadsendringar bidra til reduserte klimagassutslepp og styrkt forsyningstryggleik for energi, og teknologiutvikling som på lengre sikt òg medverkar til reduserte klimagassutslepp. Regjeringa vil føre vidare Enovas høve til å støtte omstilling til lågutsleppsteknologi i alle sektorar. Miljødirektoratet forvaltar ei tilskotsordning, Klimasats, til kommunar og fylkeskommunar for å redusere utslepp av klimagassar og medverke til omstilling til lågutsleppssamfunnet. Noregs forskingsråd har ei rekkje verkemiddel som medverkar til omstillinga til eit lågutsleppssamfunn. Ein stor del av innsatsen er innretta for å utvikle ny lågutsleppsteknologi, og Noregs forskingsråd, Innovasjon Noreg og Siva har både breie og tematiske ordningar som medverkar til å støtte opp om utvikling av klimateknologi.

Det er sett ambisiøse måltal for å redusere klimagassutsleppa frå transportsektoren. For at Noreg skal nå desse måla må bruken av null- og lågutsleppsløysingar i næringstransporten auke betydeleg. Dette føreset tilgang på teknologisk modne løysingar i tilstrekkeleg omfang som kan takast i bruk i ulike delar av transportsektoren. Noreg er både avhengig av den globale utviklinga av kostnadseffektive null- og lågutsleppsteknologiar og eit raskt, storskala skifte til bruk av null- og lågutsleppstransport i Noreg. Norsk næringsliv har derfor ei viktig rolle i å etterspørje og ta i bruk låg- og nullutsleppsteknologiar i transportsektoren etter kvart som dei blir tilgjengelege.

Myndigheitene må støtte opp om og stille til disposisjon midlar for å gjennomføre omstillinga av transporten i næringslivet. Klima- og miljødepartementet har, saman med næringslivet, hatt ein prosess med drøftingar om eit CO2-fond for næringstransport og tilhøyrande miljøavtale, jf. Stortingets vedtak 108, punkt 1 i samband med Nasjonalbudsjettet 2017 og vedtak 1110 i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2017. Drøftingane har gått føre seg mellom Klima- og miljødepartementet og næringslivet ved NHO og fleire av dei transportrelaterte næringsorganisasjonane. Regjeringa har signalisert at det ikkje er aktuelt å gi redusert CO2-avgift for verksemder tilslutta eit eventuelt CO2-fond. NHO og næringsorganisasjonane har valt å ikkje gå vidare med drøftingane om ei miljøavtale og eit løyvingsfinansiert CO2-fond.

Enova er gitt i oppdrag å administrere eit Nullutsleppsfond for næringstransport som skal støtte auka marknadsintroduksjon og -vekst i bruk av batteri-, hydrogen- og biogassløysingar både på land og på sjø. Slike løysingar er venta etter kvart å bli konkurransedyktige utan støtte og Enova skal derfor utforme verkemiddel med sikte på å oppnå varige marknadsendringar.

Nullutsleppsfondet, med ei ramme på over 1 mrd. kroner fram til 2020, vart lansert på næringslivets klimakonferanse 24. juni 2019 og vil medverke til reduserte utslepp i ikkje-kvotepliktig sektor, og omstilling av tungtransporten, på ein måte som supplerer Enovas eksisterande satsing godt. Enovas eksisterande satsingar på fylle- og ladeinfrastruktur for nullutsleppstransport held fram under ramma av den eksisterande styringsavtala. Det same gjer Enovas eksisterande satsingar på ny teknologi i transport. Enova vil koordinere satsingane opp mot kvarandre, slik at dei til saman utgjer ein heilskap og medverkar til mest mogleg kostnadseffektiv omstilling. Frå 2021 legg departementet opp til at styringa av Nullutsleppsfondet blir omfatta av Enovas ordinære styringsavtale for neste avtaleperiode.

Regjeringa la i juni 2019 fram ein handlingsplan for grøn skipsfart. Handlingsplanen skal medverke til å realisere regjeringas ambisjon om å halvere utsleppa frå innanriks sjøfart og fiske innan 2030, og å stimulere til null- og lågutsleppsløysingar i alle fartøyskategoriar.

I statsbudsjettet for 2020 foreslår regjeringa å styrkje innsatsen for å introdusere null- og lågutsleppsløysingar i skipsfarten med 100 mill. kroner til henholdsvis auka bruk av null- og lågutsleppsløysingar i fylkeskommunale hurtigbåtsamband og grøn flåtefornying av lasteskip.

Biodrivstoff er viktig for å redusere utsleppa frå vegtrafikken. I Granavolden var det semje om at «Regjeringen vil utarbeide et helhetlig forslag til virkemidler og avgifter i biodrivstoffpolitikken for å utelukke biodrivstoff med høy avskogingsrisiko både innenfor og utenfor omsetningskravet, og legge dette frem i forbindelse med statsbudsjettet for 2020».

Å forby biodrivstoff med høg avskogingsrisiko er handelsrettsleg, handelspolitisk og utanrikspolitisk utfordrande. Regjeringa vil derfor ikkje innføre forbod mot biodrivstoff med høg avskogingsrisiko. Regjeringa vil i staden at framtidig auke i omsetningskrava for vegtrafikk og luftfart i hovudsak skal skje ved å auke krava for avansert biodrivstoff. Avansert biodrivstoff er framstilt av avfall og restar og aukar i utgangspunktet ikkje presset på tropisk avskoging. Det eksisterer eit delkrav om at minst 2,25 pst. av alt drivstoff i sal skal vere avansert biodrivstoff i 2019. Dette kravet aukar til 4 pst. i 2020. Eit eige omsetningskrav for 0,5 pst. avansert biodrivstoff til luftfart trer i kraft frå 1. januar 2020.

I mai 2019 vedtok EU ei delegert forordning (2019/807) under det reviderte fornybardirektivet (2018/2001). Den delegerte forordninga tek utgangspunkt i kva slag råstoff som globalt har trengt inn på areal med høgt karbonlager, slik som tropiske skogar. Forordninga inneheld blant anna kriterium for å definere kva typar råstoff som inneber høg risiko for indirekte arealbruksendringar. Kommisjonen vil vurdere alle relevante aspekt knytte til den tekniske rapporten som ligg til grunn for forordning fram mot 30. juni 2021, og gjere eventuelle justeringar i innhaldet i forordninga ved behov. Regjeringa følgjer arbeidet i EU, og vil vurdere å leggje EUs kriterium for skillet mellom råstoff med låg og høg risiko for indirekte arealbruksendringar til grunn for norske omsetningskrav. Regjeringas endelege vurdering vil avvente EUs vurdering og gjennomføring av kriteria. Regjeringas vurdering vil òg omfatte utanriks- og handelspolitiske konsekvensar og forholdet til våre folkerettslege skyldnader.

Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) har på oppdrag frå Klima- og miljødepartementet utvikla ein rettleiar for innkjøparar av drivstoff. Den vil bistå ambisiøse innkjøparar i å velje drivstoff med god klimanytte og låg risiko for indirekte arealbruksendringar, inkludert avskoging. Miljødirektoratet publiserer på oppdrag frå Klima- og miljødepartementet frå 2019 meir detaljert informasjon om råstoffet og opphavslandet til biodrivstoffet i sal. Denne informasjonen kan hjelpe forbrukarane med å velje biodrivstoff med best klimanytte.

Klima- og miljødepartementet viser elles til omtale i Finansdepartementet sin Prop. 1 S om innføring av vegbruksavgift på biodrivstoff og oppfølging av Stortinget sitt oppmodingsvedtak nr. 86 (2018–2019)

Klimatilpassing

Klima- og miljødepartementet har ansvar for å leggje til rette for regjeringas heilskaplege arbeid med klimatilpassing. Miljødirektoratet har sidan 2014 vore den fagetaten som støttar Klima- og miljødepartementet i dette arbeidet og koordinerer det heilskaplege klimatilpassingsarbeidet. Midlane til klimatilpassing på Klima- og miljødepartementets budsjett blir føreslått førte vidare frå 2019 til 2020 under Miljødirektoratet. I tillegg er det sett av 6,4 mill. kroner til ei tilskotsordning for kommunar. Sjå nærare omtale av arbeidet med klimatilpassing under del IV.

Felles oppfylling av klimamål for 2030

Som eit bidrag til Parisavtala har både Noreg og EU meldt inn forpliktingar på visse vilkår på minst 40 pst. reduksjon i klimagassutslepp innan 2030 samanlikna med 1990. Noreg og EU arbeider no for ei felles oppfylling av desse utslippsmåla for 2030. Ei slik avtale mellom Noreg og EU vil innebere at Noreg vil medverke til gjennomføring av utsleppsreduksjonar på 43 pst. samanlikna med 2005 innanfor EU sitt kvotesystem (kvotepliktig sektor). Noreg vil òg medverke til utsleppsreduksjonar i ikkje-kvotepliktig sektor, der dei samla utsleppa i EU skal kuttast med 30 pst. frå 2005 til 2030. Innsatsen som er naudsynt for å få til dette skal fordelast mellom landa gjennom bindande utsleppsmål. Ei avtale med EU vil innebere at Noreg vil få eit nasjonalt utsleppsmål for ikkje-kvotepliktig sektor på linje med samanliknbare EU-land. EUs regelverk for korleis opptak og utslepp frå skog- og arealbrukssektoren skal reknast inn mot utsleppsmålet (LULUCF-forordninga), vil òg vere relevant for Noreg i ei avtale med EU om felles oppfylling av klimamål for 2030. Stortinget har gitt si tilslutning til eit framforhandla utkast til avtale om felles oppfylling av utsleppsmålet for 2030 saman med EU, jf. Prop. 94 S (2018–2019) om samtykke til deltaking i ein avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av rettsakter som inngår i felles oppfylling av utsleppsmålet for 2030. Avgjerda i EØS-komiteen ventast fatta i løpet av hausten 2019. Sjå nærare omtale av felles oppfylling av klimamål med EU i del IV, klimalovrapporteringa.

Nærare om budsjettforslaget

Foreslått løyving knytt til programkategorien er på om lag 8,5 mrd. kroner i 2020. Tabellen under syner at dette er ein auke på 14,2 pst. samanlikna med saldert budsjett for 2019.

Budsjettmidlar til arbeidet med å betre kunnskapsgrunnlaget (overvaking, kartlegging og forsking er omtalt under programkategori 12.10 Fellesoppgåver, forsking, internasjonalt arbeid m.m.

Utgifter under programkategori 12.20 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

Pst. endr. 19/20

1420

Miljødirektoratet

4 091 444

4 249 127

5 267 322

24,0

1422

Miljøvennleg skipsfart

11 832

12 557

33 894

169,9

1423

Radioaktiv forureining i det ytre miljø

17 276

27 040

28 518

5,5

1424

MAREANO

52 298

1425

Fisketiltak

14 817

16 796

17 244

2,7

1428

Enova SF

2 745 807

3 164 450

3 184 450

0,6

Sum kategori 12.20

6 933 474

7 469 970

8 531 428

14,2

Kap. 1420 Miljødirektoratet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Driftsutgifter

689 373

694 287

712 534

21

Spesielle driftsutgifter

257 221

263 078

306 097

22

Statlege vassmiljøtiltak

279 072

235 574

242 770

23

Oppdrags- og gebyrrelatert verksemd, kan overførast

153 776

135 608

149 260

30

Statlege tileigningar, bandlegging av friluftsområde, kan overførast

23 126

30 167

30 167

31

Tiltak i verneområde, kan overførast

71 559

81 419

89 419

32

Statlege tileigningar, fylkesvise verneplanar, kan overførast

664

1 450

33

Statlege tileigningar, nytt landbasert vern, kan overførast

875

6 200

34

Statlege tileigningar, nasjonalparkar, kan overførast

30 323

2 053

2 053

35

Statlege tileigningar, skogvern, kan overførast

478 407

444 612

454 612

36

Statlege tileigningar, marint vern, kan overførast

6 200

37

Skogplanting, kan overførast

16 172

38

Restaurering av myr og anna våtmark, kan overførast

17 742

23 625

16 625

39

Oppryddingstiltak, kan overførast, kan nyttast under postane 69 og 79

8 123

12 483

12 483

61

Tilskot til klimatiltak og klimatilpassing, kan overførast

90 838

208 230

187 832

63

Returordning for kasserte fritidsbåtar

520

20 000

2 000

64

Skrantesjukeprøver frå fallvilt

431

1 748

1 200

65

Tiltak i kommunar med ulverevir i Hedmark, Akershus og Østfold

19 880

20 560

20 560

69

Oppryddingstiltak, kan overførast, kan nyttast under postane 39 og 79

105 625

50 962

74 962

70

Tilskot til vassmiljøtiltak, kan overførast

52 636

30 292

40 792

71

Marin forsøpling, kan overførast

66 272

70 290

70 290

72

Erstatning for beitedyr tekne av rovvilt, overslagsløyving

134 572

136 978

141 361

73

Tilskot til rovvilttiltak, kan overførast

70 269

80 426

80 426

74

CO2-kompensasjonsordning for industrien

469 249

538 167

1 472 500

75

Utbetaling for vrakpant og tilskot til kjøretøy og fritidsbåtar, overslagsløyving

534 473

640 992

586 176

76

Refusjonsordningar, overslagsløyving

142 486

137 464

170 659

77

Ymse organisasjonar og stiftelsar m.m.

14 405

15 416

15 416

78

Friluftsformål, kan overførast

180 508

179 891

183 891

79

Oppryddingstiltak, kan overførast, kan nyttast under postane 39 og 69

413

450

450

81

Naturarv og kulturlandskap, kan overførast, kan nyttast under post 21

60 175

67 011

66 311

82

Tilskot til truga arter og naturtypar, kan overførast

51 452

45 355

45 355

83

Tilskot til tiltak mot framande arter, kan overførast

4 000

84

Internasjonalt samarbeid

4 552

5 308

5 508

85

Naturinformasjonssenter, kan overførast

66 255

69 031

75 413

Sum kap. 1420

4 091 444

4 249 127

5 267 322

Midlane under budsjettkapitlet er retta mot alle resultatområde med unntak for resultatområda Kulturminne og kulturmiljø, og Polarområda.

Alle driftspostane (post 01, 21, 22 og 23) og tilskotspostane 71, 72, 74, 75, 76 og 85 har fått priskompensasjon. På driftspostane (01, 21, 22 og 23) er det teke ut midlar i samband med avbyråkratiserings- og effektivitetsreforma.

Miljødirektoratets rolle og oppgåver

Miljødirektoratet er Klima- og miljødepartementets sentrale rådgivande og utøvande fagorgan innan klima, naturforvalting, forureining og friluftsliv. Hovudoppgåvene er å redusere klimagassutslepp, ta vare på naturmangfaldet og sikre den naturlege produksjonsevna, hindre forureining og leggje til rette for friluftsliv. Dette betyr mellom anna å leggje til rette for å ta vare på naturen, berekraftig bruk og verdiskaping.

Omsynet til miljø og berekraftig utvikling og dei nasjonale miljømåla gir hovudramma for arbeidet i Miljødirektoratet. Etaten sine funksjonar er å skaffe og formidle miljøinformasjon, utøve forvaltingsmynde, styre og rettleie regionalt og kommunalt nivå, gi faglege råd og delta i internasjonalt miljøarbeid.

Arbeidet som Miljødirektoratet utfører er ein føresetnad for å få gjennomført nasjonal klima- og miljøpolitikk og å få sett i verk konkrete tiltak nasjonalt, regionalt og lokalt.

På klimaområdet arbeider Miljødirektoratet mellom anna med tiltaksanalysar for reduksjon i klimagassutslepp, utvikling og rapportering av klimagassrekneskapen til FN, utvikling og rapportering av klimagassrekneskapen for kommunar, utsleppsreduksjon og omstilling til lågutsleppssamfunnet i kommunar og fylkeskommunar, overvaking av klimaendringar og verknader av klimaendringar på naturmangfald. Direktoratet deltek i dei internasjonale forhandlingane under Klimakonvensjonen, særleg med spørsmål knytte til utsleppsrapportering, kvoteregisteret, forsking og overvaking. Vidare er direktoratet Noregs nasjonale kontaktpunkt for FNs klimapanel og koordinerer alle prosessar knytte til klimapanelets arbeid.

Klima- og miljødepartementet har ansvaret for å leggje til rette for regjeringas heilskaplege arbeid med klimatilpassing, og Miljødirektoratet er departementets fagetat på dette området. Direktoratet bistår departementet i oppfølging av stortingsmeldinga om klimatilpassing, medverkar til at regjeringas arbeid på området blir følgt opp av forvaltinga og i samfunnet, og støttar departementet i det internasjonale arbeidet med klimatilpassing, under dette i klimaforhandlingane.

På naturforvaltningsområdet arbeider Miljødirektoratet mellom anna med å sikre ei kunnskapsbasert forvaltning der økosystema har god tilstand og leverer økosystemtenester, etablering og forvaltning av verneområde og forvaltning av truga arter og naturtypar, under dette etablering og forvaltning av prioriterte arter og utvalde naturtypar. Andre viktige oppgåver er forvaltning av rovvilt, vassforvaltning, heilskapleg havforvaltning, marin naturforvaltning og forvaltning av villaks, innlandsfisk og villrein. Miljødirektoratet er òg fagetat for viltarter, både haustbart og ikkje-haustbart vilt. For haustbart vilt blir området styrt frå Landbruks- og matdepartementet etter at dette ansvaret på departementsnivå blei flytta dit i 2018. På same måte som på klimaområdet deltek etaten i dei internasjonale forhandlingane under Konvensjonen om biologisk mangfald. Direktoratet er Noregs nasjonale kontaktpunkt for det internasjonale naturpanelet (IPBES), og koordinerer alle prosessar knytt til Naturpanelet sitt arbeid. Ei teknisk støtteeining for kapasitetsbygging er etablert i Miljødirektoratet.

Etaten medverkar vidare til at omsynet til langsiktig disponering av naturressursane blir lagt til grunn ved arealplanlegging etter plan- og bygningslova.

Statens naturoppsyn er ein del av Miljødirektoratet og har med heimel i lov om statleg naturoppsyn ansvar for å føre tilsyn med naturtilstanden, oppsyn med at reglane i miljølovgivinga blir følgde, og avdekkje og førebygge miljøkriminalitet. Statens naturoppsyn er òg kompetansemiljø for gjennomføring av skjøtsels- og tilretteleggingstiltak i verneområda.

Tilrettelegging for friluftsliv, motivering av befolkninga til å utøve friluftsliv og sikring og forvalting av friluftslivsområde er òg viktige oppgåver for Miljødirektoratet.

Miljødirektoratet samordnar det sektorovergripande arbeidet på forureiningsområdet, og samarbeider med sektorane om faktagrunnlag, analysar og vidareutvikling av tiltak og verkemiddel. Viktige oppgåver på forureiningsområdet er arbeidet med å redusere marin forsøpling og mikroplast, redusere og førebyggje bruk av helse- og miljøfarlege kjemikaliar, reinske opp i forureina sjøbotn og forureina grunn, hindre forureining i vassdrag og langs kysten, førebyggje og hindre oljeforureining, redusere luftforureiningar og å auke ressursutnyttinga og redusere miljøproblem frå avfall. Direktoratet er aktivt involvert i internasjonalt samarbeid på desse områda. Etaten har vidare ansvar for å gjennomføre risikobasert tilsyn.

Miljødirektoratet har rolla som nasjonalt samordningsorgan for miljødata og har ansvar for å samle miljødata på tvers av sektorer til miljøstatus.no. Miljødirektoratet har brei oversikt over naturtilstand og forureining i Noreg, og formidlar dette til resten av miljøforvaltinga, andre sektorar og ålmenta mellom anna gjennom Miljøstatus.no.

Etaten har òg fagleg instruksjonsmynde overfor miljøvernavdelingane hos fylkesmannen.

Post 01 Driftsutgifter

Midlane under posten er retta mot resultatområda Naturmangfald, Friluftsliv, Forureining og Klima.

Posten dekkjer løns- og driftsutgifter til verksemda ved Miljødirektoratet sine to hovudkontor i Trondheim og Oslo, og dei lokale kontora til Statens naturoppsyn rundt omkring i landet. Meir spesifikt dekkjer posten løn til faste og mellombels tilsette, husleige, reiser, IKT-utgifter, informasjon, formidling og drift av miljøinformasjonssystem og ulike nettstader. Posten dekkjer òg drift av CO2-kompensasjonsordninga og klimasatsordninga. For ei vidare utgreiing om kva slags føremål løyvinga går til, viser vi til omtala under «Miljødirektoratets rolle og oppgåver» over. Utgifter knytte til oppdrag som Statens naturoppsyn utfører for andre, mellom anna Statskog, er dekte av posten. Inntektene for desse er førte under kap. 4420 post 01.

Posten er samla sett auka med om lag 18 mill. kroner. Til å dekkje kostnadane ved lønsoppgjeret i staten i 2019 er det lagt inn om lag 12 mill. kroner.

Det er lagt inn 2 mill. kroner til verneområdeforvaltar i Gutulia nasjonalpark og ny stilling i Statens naturoppsyn Lofoten. Det er vidare lagt inn 5 mill. kroner til Statens naturoppsyn til styrkt oppsyn for å hindre ulovleg fiske etter anadrom laksefisk. Det er òg lagt inn 2 mill. kroner for å administrere satstinga på grøn skipsfart.

Miljødirektoratet har fått hovudansvaret for IT-drifta for fleire etatar under Klima- og miljødepartementet, og det er lagt inn 4,1 mill. kroner til dette.

Det er rammeoverført 6 mill. kroner frå posten til kap. 525 Fylkesmannsembeta til seks nasjonalpark- og verneområdeforvaltarar. Det er likeins rammeoverført 1 mill. kroner frå posten til kap. 572 Rammetilskot til fylkeskommunar knytt til regionreforma.

Inntekter frå jeger- og fellingsavgifter over kap. 5576 post 72 under Landbruks- og matdepartementet finansierer 3,281 mill. kroner av kap. 1420 post 01. Desse midlane skal dekkje Miljødirektoratet sine utgiftar knytt til forvaltning av tilskotsordningar finansiert av Viltfondet under kap. 1140 post 71.

Løyvinga kan overskridast mot tilsvarande meirinntekt under kap. 4420 post 01.

Rapport 2018

Av rekneskapsførte utgifter i 2018 vart knapt 72 pst. nytta til løn. Resten gjekk til husleige, energi, drift og utvikling av IKT, reiseutgifter, kompetanse- og organisasjonsutvikling.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Posten finansierer tiltaksretta forvaltingsoppgåver innan resultatområda Naturmangfald, Friluftsliv, Forureining og Klima.

Posten finansierer fleire av direktoratet sine oppgåver innan klima. Dette gjeld til dømes arbeid knytt til FNs klimapanel (IPCC), utvikling og drift av utsleppsrekneskapen for klimagassar og langtransportert luftforureining, utgreiing for å støtte etatens arbeid med tiltak mot klimagassutslepp og kortlevde klimadrivarar, restaurering av våtmark, utvikling av verktøy for lokal klima- og energiplanlegging og utvikling av verktøy for å rekne ut lokal luftkvalitet. Posten dekkjer òg finansiering av ulike oppgåver innan klimatilpassing og klimasatsordninga, støtte til Klimaservicesenteret, og andre tiltak for auka kunnskap og kompetanse.

Posten dekkjer kostnadene med prosess for gjennomføring av verneplanar som er vedtekne av Stortinget. Dette gjeld skogvern og supplerande vern der direktoratet finansierer noko av fylkesmannens arbeid, og delar av arbeidet med marint vern der etaten finansierer utgreiing av kunnskapsgrunnlaget og fylkesmannens arbeid. Utgifter til å hente inn kunnskap og arbeidet til lokale partar knytt til lokalt initierte nasjonalparkforslag blir òg finansierte frå denne posten. I tillegg dekkjer posten fylkesmennene og nasjonalparkstyra sitt arbeid med utarbeiding av forvaltingsplanar, kostnader til nasjonalparkstyre og tilsynsutval, og innføringa av merkevare- og besøksstrategi for nasjonalparkane og andre verneområde.

Ein del av tenestekjøp av oppsynsoppgåver som Statens naturoppsyn gjer hos Fjellstyra blir dekte over posten. Miljødirektoratet vil som i tidlegare år kjøpe slike tenester etter behov og tilgjengeleg budsjettramme.

Posten dekkjer òg ymse utgifter knytt til nasjonal koordinering av Skjergardstenesta, samt utgifter knytt til arbeidet med prosjektet friluftslivets ferdselsårer.

I samband med forvalting av rovvilt dekkjer posten drift av dei regionale rovviltnemndene og sekretariata. Posten dekkjer òg midlar til tenestekjøp og forskingsaktivitet i regi av direktoratet og rovviltnemndene.

Posten dekkjer utarbeiding og oppfølging av avgjerdsgrunnlag og handlingsplanar for truga arter og naturtypar. Midlane vert òg nytta til tenestekjøp av kompetanse knytt til identifisering, søk og gjennomføring av tiltak for å ta vare på truga arter og naturtypar. Slike tiltak kan til dømes vere aktiv skjøtsel, restaurering, biotopforbetrande tiltak og fjerning av framande skadelege organismar. Dette høyrer nært saman med arbeidet med å følgje opp tilrådingar om tiltak for å ta vare på ei rekkje kritisk og sterkt truga ansvarsarter og truga naturtypar. Etablering av eit nasjonalt overvakingsprogram for insekt, inkludert pollinerande insekt, blir dekt av posten. Posten dekkjer vidare tenestekjøp knytt til Naturindeks for Noreg. Tilskot til tiltak for truga arter og naturtypar gis elles over post 82 Tilskot til truga arter og naturtypar.

Fagsystem for nasjonal styring og rapportering, og oppfølging av forpliktingar i internasjonale konvensjonar, som Bernkonvensjonen og Ramsarkonvensjonen, blir òg dekte av posten.

Posten finansierer utvikling og drift av handlingsplanar mot framande arter. Avtala med Vitskapskomiteen for mat og miljø om risikovurderingar knytte til framande organismar, genmodifiserte organismar, CITES og mikroorganismar vert òg dekt over posten.

Posten blir brukt til kjøp av spisskompetanse for å vurdere helse- og miljøfare ved stoff som Noreg foreslår for reguleringar i EU og globalt. Den blir òg brukt til å få fram betre kunnskap om ulike kjelder til spreiing av miljøgifter, som eit ledd i å nå dei nasjonale måla på miljøgiftområdet, og til å sikre eit brukarvennleg elektronisk system for deklarering av kjemikaliar til Produktregisteret.

På avfallsområdet dekkjer posten utgifter til utgreiingar, og til å utvikle og drifte refusjonssystemet for spillolje. Vidare dekkjer posten utgifter direktoratet eventuelt får ved å måtte fjerne eigarlaust farleg avfall, farleg avfall frå konkursbu, farleg avfall som eigaren ikkje klarer å ta hand om på ein forsvarleg måte eller andre typar avfall der det er naudsynt å fjerne avfallet raskt, til dømes som følgje av luktproblem, jf. forureiningslova §§ 74 og 76.

Posten er samla sett auka med om lag 43 mill. kroner.

Arbeidet med tiltak for å ta vare på truga natur er styrkt med 18 mill. kroner, og midlar til tiltak og etablering av kvalitetsnorm for villrein er auka med 5,5 mill. kroner. Det er flytta 2 mill. kroner til posten frå post 38 Restaurering av myr og anna våtmark for å styrkje kapasiteten for gjennomføring av «Plan for restaurering av myr og våtmark». Det er vidare flytta om lag 3,6 mill. kroner frå kap. 1400 post 21 og om lag 1,4 mill. kroner frå post 32 Statlege tileigningar, fylkesvise verneplanar til kap. 1420 post 21 som skal nyttast til prioriterte tiltak innafor naturmangfaldområdet. Posten er òg styrkt med 1 mill. kroner for å administrere satsinga på grøn skipsfart.

Rapport 2018

Midlane på posten blei i 2018 nytta til tiltak knytte til forvalting av nasjonalparkar og andre verneområde, kamp mot framande arter, forvalting av truga arter og utvalde naturtypar og rovvilt, utvikling av fagsystem for økologisk tilstand, vidareutvikling av Naturindeks for Noreg og arbeid knytt til klima og forureining.

Ein del av midlane er òg nytta til kjøp av naturoppsynstenester. Vel ein tredel av løyvinga på posten vart fordelt vidare til fylkesmennene til bruk i dei einskilde fylka.

Post 22 Statlege vassmiljøtiltak

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

22.1

Kalking

70 794

82 054

83 464

22.2

Anadrome laksefisk

123 087

107 930

105 257

22.3

Generell vassforvaltning

85 191

45 590

54 049

Sum post 22

279 072

235 574

242 770

Midlane under posten er retta mot resultatområde Naturmangfald.

Posten dekkjer ulike vassmiljøtiltak som ikkje er tilskot, under dette midlar til kalking, bevaring og forvalting av viltlevande anadrom laksefisk (laks, sjøaure og sjørøye) og heilskapleg vassforvalting. Tilskot til same føremål blir dekte over post 70.

Posten er samla sett auka med om lag 7 mill. kroner.

Underpost 1 dekkjer kjøp av kalkingstenester.

Underpost 2 dekkjer tiltak, forsking og utvikling knytt til forvalting av anadrom laksefisk, under dette tiltak mot lakseparasitten Gyrodactylus salaris og bevaring i genbank. Det er flytta 4 mill. kroner til bestandsovervaking av villaks frå underposten til kap. 1410 post 21 Miljøovervaking, og omlag 2 mill. kroner er flytta frå underposten til kap. 1420 post 21.

Underpost 3 dekkjer midlar til heilskapleg vassforvalting etter vassforskrifta og anna arbeid med generell vassforvalting. Underposten skal framleis dekkje tiltak knytt til storaure og krypsiv. Frå denne posten blir det òg fordelt midlar til vassregionstyresmaktene og arbeidet i vassområda. Underposten er gjennom omdisponeringar auka med 7 mill. kroner til restaureringstiltak som er prioritert i vassforvaltningsplanane.

Rapport 2018

Miljødirektoratet og fylkesmannen brukte 279 mill. kroner til ulike statlege vassmiljøtiltak i 2018. Om lag 25 pst. av midlane har vore nytta til kalking av vassdrag. Om lag 44 pst. har vore nytta til forvalting av, og tiltak for å ta vare på, anadrom laksefisk, under dette tiltak mot lakseparasitten Gyrodactylus salaris. Om lag 31 pst. av midlane er nytta til generell vassforvalting.

Kalking

Tilførsla av sur nedbør er sterkt redusert sidan toppnivåa på 1980-talet, men den positive utviklinga flata ut etter tusenårsskiftet. Enno er om lag 8 pst. av arealet i Noreg skadd av forsuring, og fram mot 2030 er det berre venta små ytterlegare betringar i forsuringssituasjonen. For å oppnå ytterlegare betring i vasskvaliteten i Noreg, må utsleppa av svovel- og nitrogenforbindelsar til luft i Europa reduserast meir enn målsetjingane i Gøteborgprotokollen.

Totalt blir 23 lakseførande elvar i Noreg kalka. I dei elvane der laksen har gått tapt grunna sur nedbør, er det etablert nye laksestammer. Det har vore godt laksefiske i mange av dei kalka elvane, med ein årleg totalfangst på 40–60 tonn (12–15 pst. av all laks fanga i norske elvar). Rapportar om kalkavslutning i lokale prosjekt blir følgde opp. Oppfølging av Plan for kalking av vassdrag i Noreg 2016–2021 starta i 2016. I tillegg til den vanlege drifta vart det mot slutten av året gjennomført ein nasjonal kartlegging av forsuringsstatus i Noreg. Dette som ei førebuing til rullering av handlingsplanen for kalking.

Anadrom laksefisk

I Driva er det gjennomført nødvendige tilpassingar av fiskesperra, og fisketrapp og fangsthus er ferdigstilt. Oppflytting av sjøaure haldt fram. Førebuing av tiltak mot lakseparasitten i Drammen-regionen blei gjennomført etter planen. Genbankarbeidet er framleis omfattande som følgje av at historisk mange bestander er teke vare på, og er under reetablering i påvente av eller etter nedkjempingstiltak mot Gyrodactylus salaris. Innsamling og mellombels oppbevaring av laksefiskbestander i Hardanger er følgt opp i tråd med føresetnadene, og byggeprosessen med sikte på ny genbank blei starta. Løyvinga er òg brukt til arbeidet med å følgje opp ny avtale om forvaltning av Tanavassdraget. Innsatsen på bestandsovervaking av villaks var stabil, og eit opplegg for særskilt overvaking på sjøaure blei vidareutvikla.

Generell vassforvalting

Gjennom overvakinga i mellom anna fjordar og kystvatn, blei kunnskapsgrunnlaget for vassforvaltinga og utviklinga av klassifiseringssystemet for ferskvatn og kystvatn høgt prioritert. Det blei delt ut midlar til vassområda. Førebuing av høyring av planprogram og utfordringar for vassmiljøet blei prioritert i det regionale vassarbeidet. Vedtekne regionale vassforvaltningsplanar og tiltaksprogram blei følgt opp og rapportert i tråd med krava i vassforskrifta

Løyvinga er òg brukt til kunnskapsoppdatering knytt til storauretiltak og tiltak og innhenting av kunnskap knytt til krypsiv.

Post 23 Oppdrags- og gebyrrelatert verksemd, kan overførast

Løyvinga er knytt til utgifter som direktoratet har ved gebyrfinansiert verksemd og til utgifter ved oppdrag finansierte frå andre instansar. Midlane er retta mot resultatområda Naturmangfald, Forureining og Klima. Posten er samla sett auka med om lag 13,6 mill. kroner, mellom anna grunna auka inntekter på kap. 4420, post 04, frå sertifisering av F-gassar (7,5 mill. kroner) og konsesjonsbehandling (2,3 mill. kroner).

Direktoratet utfører med heimel i fleire forskrifter oppgåver som er gebyrfinansierte i samsvar med prinsippet om at forureinar betaler. Utgiftene til desse oppgåvene er budsjetterte til 49,4 mill. kroner, mens inntektene er 50,9 mill. kroner. Sjå nærare forklaring under kap. 4420 post 04 der inntektene blir førte.

På same vis utfører fylkesmennene oppgåver i samband med konsesjonsbehandling og kontroll etter forureiningslova, jf. gebyrinntekter under kap. 4420 post 06 anslått til 35,9 mill. kroner. Inntektene blir tilbakeførte til fylkesmennene.

Til utgiftene ved kontroll og verifisering av kvotepliktige verksemder er det i samsvar med EUs reglar knytt gebyr som er førte under kap. 4420 post 07, anslått til 8,3 mill. kroner.

Omfanget av arbeid knytt til gebyrrelatert verksemd på naturforvaltingsområdet er venta til om lag 0,6 mill. kroner, jf. inntekter under kap. 4420 post 08.

Posten dekkjer òg utgifter anslått til 43,8 mill. kroner ved internasjonale oppdrag som direktoratet får refunderte over kap. 4420 post 09, hovudsakleg frå andre statsinstansar.

Løyvinga på posten kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4420 postane 04, 06, 08 og 09, jf. forslag til vedtak II.

Rapport 2018

Om lag 31 mill. kroner av midlane vart i 2018 nytta av fylkesmennene, i hovudsak knytt til gebyrfinansierte tiltak på forureiningsområdet. Utgifter til internasjonal verksemd var om lag 50 mill. kroner. Ein vesentleg del av desse vart nytta til løn og direkte kostnader. Resten av midlane vart nytta til løn og driftskostnader knytt til dei ulike gebyrordningane.

Post 30 Statlege tileigningar, bandlegging av friluftslivsområde, kan overførast

Midlane på posten er retta mot resultatområde Friluftsliv. Midlane blir nytta til statleg sikring av nye friluftslivsområde, anten ved offentleg erverv eller ved avtale om varig bruksrett (servituttavtale med grunneigar).

Kommunane og dei interkommunale friluftsråda kan søkje Miljødirektoratet om økonomisk medverknad til sikring av viktige friluftslivsområde. Miljødirektoratet kan òg i samarbeid med kommunane overta friluftslivsareal frå andre statlege etatar som ikkje lenger har behov for desse i si verksemd. I tillegg kan kommunale friluftsområde vederlagsfritt bli omgjort til statleg sikra friluftslivsområde, dersom områda tilfredsstiller kriteria for statleg sikring. Slike område blir tinglyste som statleg sikra friluftslivsområde.

Midlane på posten kan òg nyttast til grunnleggjande istandsetjingstiltak i samband med at nye område blir sikra, til dømes oppføring av toalettbygningar eller opparbeiding av tilkomst. Midlane på posten kan òg nyttast til istandsetting av statleg eigde bygningar på dei sikra områda, under dette utarbeiding av forvaltingsplanar og istandsetjing av freda og verna bygningar på sikra område.

For friluftsområde med nasjonal og regional bruk kan staten medverke med inntil 100 pst. av kostnadane, for område med i hovudsak lokal bruk med inntil 50 pst. av kostnadene. Prioriterte område i sikringsarbeidet er friluftsområde i og ved store befolkningskonsentrasjonar, under dette område i nærmiljøet, landfaste område i kystsona med lite tilgjengeleg strandsone og stort press på areala, og sentrale område ved innlandsvassdrag.

Løyvinga kan normalt ikkje nyttast til å kjøpe bygningar. Unntak frå dette er bygningar som anten skal rivast eller nyttast i friluftslivssamanheng i området.

Frå og med 2019 skal ikkje staten lenger bli eigar av nye område som blir sikra. Unnateke frå dette er friluftslivsareal som blir overteke frå andre statlege etatar som ikkje lenger har behov for desse i si verksemd, og som med dette blir statleg sikra friluftslivsområde.

Midlane på posten kan òg dekkje utgifter knytte til dei sikra områda, som for eksempel grenseoppgangar, frådelingar og tinglysingar. Investeringsmidlane blir utbetalte når Miljødirektoratet har motteke formell dokumentasjon på at heimel eller rett er overført, og at statens vilkår er oppfylte.

Det er behov for ei tilsegnsfullmakt på 55 mill. kroner på posten, jf. forslag til vedtak VI.

Rapport 2018

Det vart sikra 25 nye friluftslivsområde gjennom statleg medverknad med midlar frå post 30 i 2018. Om lag 70 pst. av områda kan definerast som nærområde til der folk bur. Områda som vart sikra i 2018 ligg i 11 ulike fylke. Dei siste åra er det i langt større grad enn tidlegare blitt sikra friluftslivsområde i nærleiken av bustadområde. Desse områda har jamt over høgare sikringskostnader enn område utanfor bustadområda. Det er både kommunar og interkommunale friluftsråd som har initiert desse sikringsprosessane, og som vil stå for vidare drift og tilsyn i områda framover.

I tillegg til gjennomført sikring, søkte kommunar og friluftsråd om statleg medverknad til å sikre nye område, og 48 nye område vart innvilga i 2018. Kommunane og friluftsråda arbeider no med å få gjennomført sikringa av desse områda, og med tilrettelegging av areala.

Post 31 Tiltak i verneområde, kan overførast

Posten er retta mot resultatområde Naturmangfald. Midlane dekkjer statlege investeringsutgifter og andre typar tiltak i verneområde. Midlane går til tiltak som er naudsynte for å ta vare på verneverdiane, inkludert utgreiingar som er naudsynte før tiltak, informasjonstiltak og skjøtsels- og tilretteleggingstiltak. Tilretteleggingstiltaka omfattar opparbeiding av stigar, klopping og merking for å betre tilgjenget i verneområda, og samstundes styre ferdsla i og rundt sårbar natur i verneområda. Midlane blir òg nytta til informasjonstiltak i alle typar av verneområde i samband med ny merkevare for Noregs nasjonalparkar, og til utarbeiding av besøksstrategiar for nasjonalparkar og andre verneområde med store besøkstal eller særskilde utfordringar. Alle tiltak skal vere i tråd med godkjent forvaltings-/skjøtselsplan for verneområda og andre relevante styringsdokument.

Posten blir òg nytta til båtinvesteringar for Statens naturoppsyn. Grunna alder og slitasje har Statens naturoppsyn behov for utskifting og fornying av båtar for å tilfredsstille krav til eiga sikkerheit og stabil drift. Til materiellbestillingar (hovudsakleg båtkjøp) er det behov for ei bestillingsfullmakt under posten på 5 mill. kroner, jf. forslag til vedtak V.

Posten skal òg nyttast til å dekkje Klima- og miljødepartementet sin del av kostnadene til fjerning av Einøvlingsdammen i Dovrefjell og Sunndalsfjella nasjonalpark. Nasjonalparken vart utvida i 2018, og i samband med vernevedtaket vart det bestemt at Einøvlingsdammen skal fjernast. Anlegget er ikkje omfatta av Forsvaret og Forsvarsbygg sitt restaureringsprosjekt for det tidlegare skytefeltet på Hjerkinn. Det vert lagt opp til førebuande arbeid i 2019, og fjerning av sjølve dammen i 2020.

Posten er auka med 8 mill. kroner som skal nyttast til skjøtsel og andre tiltak for styrkt forvaltning av verneområda. Det ligg 3 mill. kroner til treårig prosjekt for uttak av framande treslag i verneområde under kap 1420 post 21.

Rapport 2018

Midlane er brukt til tiltak og investeringar for å ta vare på og halde ved lag verneverdiane i verneområde over heile landet. Mange hundre slike tiltak blir gjennomførte kvart år. Tiltaka er prioriterte først og fremst i verneområde der verneverdiane er truga. Rydding og slått i areal som er i ferd med å gro att grunna endra arealbruk og uttak av framande arter som sitkagran, rynkerose og mink er eksempel på tiltak som er gjennomførte.

Skjøtsel er aldri eingongstiltak, og tiltaka må alltid følgjast opp. I Sølendet og Tågdalen naturreservat i Trøndelag og Møre og Romsdal er myrslått gjennomført gjennom mange år, og tiltaksmidlar blir her nytta årleg til skjøtselsarbeidet som følgjer planen for området. Slått i kulturlandskap i Utladalen landskapsvernområde kan òg stå som eit døme på årleg skjøtsel av kulturmark i verneområda.

Kampen mot framande arter i verneområda held fram, og blant dei konkrete tiltaka som blei gjennomførte i 2018, kan nemnast hogst av sitkagran i Blindheimsvik og Ullasundet dyrefredingsområde i Møre og Romsdal. Rynkerose er fjerna i mange verneområde i fleire fylke. I Hjelmsøya naturreservat i Finnmark ble det i 2018 tatt ut 57 mink, og det blir årleg arbeidd med uttak av mink i mange sjøfuglreservat.

I fleire verneområde er planta gran ein trussel for verneverdiane. Blant desse er Junkerdalsura naturreservat der ein i 2017 starta arbeidet med å fjerne eit større granfelt som fortrengjer naturleg førekommande arter. Prosjektet er fleirårig.

Tilretteleggings- og informasjonstiltak er òg prioriterte i 2018, og har omfatta mellom anna opparbeiding av stigar, klopping og merking for å betre tilgjenget i verneområda og samstundes styre ferdsla i og rundt sårbar natur. Av større tilretteleggingstiltak i nasjonalparkane kan nemnast utbygging av to startpunkt i Rondane nasjonalpark ved Høvringen. I Rondane er midlane også nytta til utbetring og tilrettelegging av erodert sti ved Bjørnhollia turisthytte. Utkikkspunktet ved Storfossen i Homla naturreservat i Trøndelag var eit anna viktig tiltak.

I Flekkefjord landskapsvernområde har jettegytene ved Brufjell vorte populære turmål. Ettersom delar av ruta går i dels farleg terreng har forvaltinga sikra nedstiging til jettegrytene, og lagt til rette i form av toalett og med stigforbetring.

Post 32 Statlege tileigningar, fylkesvise verneplanar, kan overførast

Posten er retta mot resultatområde Naturmangfald.

Posten dekkjer utgifter til gjennomføringa av planen for vern av fylkesvise, tematiske verneplanar slik det er fastsett gjennom St.meld. nr. 68 (1980–81) Vern av norsk natur. Posten skal dekkje utgifter til å erstatte dei økonomiske tapa som eigarar og rettshavarar har ved vernetiltak etter naturmangfaldlova i desse sakene, jf. erstatningsreglane i lova. Erstatningar blir fastsette ved minnelege avtaler eller ved rettslege skjønn. Posten skal òg dekkje kjøp av område som er verna eller føresett verna etter naturmangfaldlova, og utgifter som staten som grunneigar har i samband med overtakinga av innkjøpte eigedommar. Forutan erstatning og kjøp skal midlane på denne posten dekkje andre kostnader som er knytte til gjennomføring av verneplanane.

Posten er redusert med 1,45 mill. kroner i høve til venta utbetalingar i 2020.

Det er behov for ei bestillingsfullmakt på 1,3 mill. kroner på posten, jf. forslag til vedtak V. Fullmakta skal gå til å gi dekning for utgifter til Tyrifjorden som vart vedteken verna i juni 2018, men der det tek tid før erstatningane blir utbetalte.

Rapport 2018

I 2018 var hovudtyngda av utbetalingar over posten knytt til grensemerking for verneområde i Sogn og Fjordane. Utgifter i samband med kompensasjon for endra grenser i Åkersvika naturreservat er òg førebels postert her, men utgiftene til dette skal refunderast frå vegprosjektet.

Post 33 Statlege tileigningar, nytt landbasert vern, kan overførast

Det blir føreslått å dele opp den opphavelege posten Statlege tileigningar, nytt vern i følgjande to postar:

  • Post 33 Statlege tileigningar, nytt landbasert vern

  • Post 36 Statlege tileigningar, marint vern

Teksten under gjeld ny post 33 Statlege tileigningar, landbasert nytt vern.

Posten er retta mot resultatområde Naturmangfald og omfattar alt nytt landbasert vern som ikkje er skogvern.

Posten skal dekkje utgifter til gjennomføringa av nytt landbasert vern utover det som er fastsett gjennom St.meld. nr. 68 (1980–81) Vern av norsk natur og St.meld. nr. 62 (1991–92) Ny landsplan for nasjonalparker og andre større verneområder i Norge. Posten skal òg dekkje utgifter til gjennomføringa av supplerande vern, jf. Meld. St. 14 (2015–2016) Natur for livet – Norsk handlingsplan for naturmangfold.

På posten blir det ført utgifter i form av erstatning av det økonomiske tapet eigarar og rettshavarar har ved vernetiltak etter naturmangfaldlova, jf. erstatningsreglane i lova. Erstatningar blir fastsette ved minnelege avtaler eller ved rettslege skjønn. Posten kan òg dekkje kjøp av område som er verna eller føresett verna etter naturmangfaldlova, og utgifter som staten som grunneigar har i samband med overtakinga av innkjøpte eigedommar. Forutan erstatning og kjøp av område skal midlane på posten dekkje andre lovpålagte kostnader som er knytte til gjennomføring av vernevedtaka, inkludert registrering og vurdering av verneverdiar.

Utviding av Saltfjellet/Svartisen nasjonalpark m.v. er planlagt gjennomført i 2019. Utgiftene i samband med vernet vil i hovudsak kome etter 2020.

Det er behov for ei bestillingsfullmakt under posten på 1,2 mill. kroner, jf. forslag til vedtak V.

Rapport 2018

I 2018 var hovudtyngda av utbetalingar over posten knytt til erstatningar, omkostningar og grensemerking i nasjonalparkane Raet og Jomfruland.

Post 34 Statlege tileigningar, nasjonalparkar, kan overførast

Posten er retta mot resultatområde Naturmangfald.

Posten dekkjer utgifter til gjennomføringa av nasjonalparkplanen, jf. St.meld. nr. 62 (1991–92) Ny landsplan for nasjonalparker og andre større verneområder i Norge i form av erstatning av det økonomiske tapet eigarar og rettshavarar har ved vernetiltak etter naturmangfaldlova i desse sakene, jf. erstatningsreglane i lova. Posten dekkjer òg tilsvarande utgifter for Fulufjellet og Færder nasjonalparkar som er resultat av regionale/lokale verneinitiativ. Erstatningar blir i hovudsak fastsette ved minnelege avtaler. Nokre få saker går til rettsleg skjønn.

Forutan erstatning og vederlag skal midlane på posten dekkje andre lovpålagte kostnader som er knytte til gjennomføring av nasjonalparkplanen. Det er ikkje gjennomført vern av nye nasjonalparkar i 2019 eller planlagt vern av nye nasjonalparkar under 34-posten i 2020.

Det er behov for ei bestillingsfullmakt på posten på 16,6 mill. kroner, jf. forslag til vedtak V.

Rapport 2018

Oppgjer har vore utbetalt fortløpande ettersom tilboda vert aksepterte av grunneigarar og rettshavarar gjennom minnelege avtaler, eventuelt etter nye forhandlingar. Rettsleg skjønn har vore naudsynt i få saker, nasjonalparkplanen sett under eitt, men for ein del saker vil det vere naudsynt med skjønn for å få avslutta sakene. Hovudtyngda av utbetalingar i 2018 er knytt til erstatningsoppgjeret for landskapsvernområda Brattefjell-Vindeggen og Frafjordheiane og Rondane nasjonalpark.

Post 35 Statlege tileigningar, skogvern, kan overførast

Posten er retta mot resultatområde Naturmangfald og Friluftsliv.

Posten skal dekkje utgifter til erstatning av dei økonomiske tapa eigarar og rettshavarar har ved skogvern etter naturmangfaldlova og markalova, jf. erstatningsreglane i lovene. Erstatningar blir fastsette ved minnelege forhandlingar eller ved rettsleg skjønn. Posten skal dekkje kjøp av skogområde som er verna eller føresett verna etter naturmangfaldlova og markalova, utgifter som staten som grunneigar har i samband med overtaking av innkjøpte eigedommar, erstatningsordning for område som er under vurdering for vern, og utgifter til gjennomføring av makeskifteløysingar knytte til nytt vern.

Midlane på posten skal vidare dekkje andre utgifter som er knytte til gjennomføring av skogvernet, som registrering og vurdering av verneverdiar, grensemerking, utarbeiding av forvaltingsplanar når dette er naudsynt for å fastsetje skjønnsføresetnadene, o.a.

Posten er auka med 10 mill. kroner.

For å følgje opp Stortingets oppmodingsvedtak om vern av skog på Statskog SFs areal og sikre god framdrift i skogvernet er det behov for ei bestillingsfullmakt på 351 mill. kroner, jf. forslag til vedtak V.

Rapport 2018

Overførte midlar frå 2017 og løyvinga for 2018 er brukt i arbeidet for å nå det nasjonale målet om at eit representativt utval av naturtypar i skog skal vernast for kommande generasjonar. Hovudtyngda av utbetalingane er knytt til erstatningar i samband med frivillig vern av skog, der omlag 341 mill. kroner er utbetalt i erstatningar og vederlag. Det er utbetalt omlag 5 mill. kroner til kjøp av eigedommar frå Statskog. Det er òg utbetalt om lag 66 mill. kroner i erstatning for vern på Statskog SF sin grunn.

Post 36 Statlege tileigningar, marint vern (ny), kan overførast

Posten er knytt til resultatområde naturmangfald, og omfattar marint vern.

Posten skal dekkje utgifter til gjennomføringa av marint vern som omtalt i St.meld. nr. 43 (1998–1999) Vern og bruk i kystsona, St. Meld nr. 14 (2015–2016) Natur for livet, St. Meld. nr. 35 (2016–2017) Oppdatering av forvaltningsplanen for Norskehave.

På posten blir det ført utgifter i form av erstatning av det økonomiske tapet eigarar og rettshavarar har ved vernetiltak etter naturmangfaldlova, jf. erstatningsreglane i lova. Erstatningar blir fastsette ved minnelege avtaler eller ved rettslege skjønn. Posten kan òg dekkje kjøp av område som er verna eller føresett verna etter naturmangfaldlova, og utgifter som staten som grunneigar har i samband med overtakinga av innkjøpte eigedommar. Forutan erstatning og kjøp av område skal midlane på posten dekkje andre lovpålagte kostnader som er knytte til gjennomføring av vernevedtaka, inkludert registrering og vurdering av verneverdiar. Posten dekkjer òg utgifter til konsekvensutgreiing.

Vernevedtak for områda Innervisten, Nordfjorden, Karlsøyvær, Kaldvågfjorden og Innhavet, Ytre Karlsøy, Rossfjordstraumen, Rystraumen, Ytre Hardangerfjorden, Lurefjorden og Lindåsosane, Krossfjorden, Børgin, og Skarnsundet er planlagt hausten 2019.Utgiftene for vern av områda vil truleg komme til utbetaling i 2020. Vernevedtak for Rauerfjorden, Dalsfjorden, Stad, Giske, Grandefjæra og Lopphavet er planlagt i 2020. For desse områda er utgiftene venta å komme etter 2020. Vernevedtak for områda Griphølen, Remmen og Transekt frå Andfjorden er planlagt i 2021.

Det er behov for ei bestillingsfullmakt på posten på 2,8 mill. kroner, jf. forslag til vedtak V.

Rapport 2018

Posten er ny frå 2020.

Post 37 Skogplanting, kan overførast

Ordninga for skogplanting er avslutta og sluttrapport vart overlevert til Klima- og miljødepartementet våren 2019. Det er ikkje løyvd midlar på posten i 2019.

Rapport 2018

Pilotordninga for skogplanting starta i 2015 og har hatt ei årleg finansiering på 15 mill. kroner i 3 år. Dei første åra var det fokus på utarbeiding av rettleiingsmateriale for planting i pilotfasen, kartlegging av areal for planting og å setje planter i produksjon. Dei første plantefelta vart realisert i 2016. I 2017 var det fokus på planting i pilotfylka, og frå sentralt hald blei det prioritert å etablere rutinar for saksbehandling i pilotfylka, og å planleggje intern og ekstern evaluering av ordninga. I 2018 blei pilotordninga avslutta i pilotfylka. Alle fylka leverte sluttrapport frå pilotfasen, og dei siste trea blei planta ut hausten 2018. Miljødirektoratet og Landbruksdirektoratet har arbeidd med å følgje opp pilotfylka i avslutningsfasen. Sluttrapportering og evaluering av ordninga vart levert til Klima- og miljødepartementet og Landbuks- og matdepartementet våren 2019. Departementa arbeider med å gjennomgå erfaringane frå pilotfasen.

Post 38 Restaurering av myr og anna våtmark, kan overførast

Posten er retta mot resultatområda Klima og Naturmangfald. Posten skal dekkje utgifter til tiltak for å restaurere myr og anna våtmark, planlegging og oppfølging av desse tiltaka. Posten kan nyttast til restaurering både inne i og utanom verneområde. Posten kan òg nyttast til ei incentivordning for å få til frivillige avtaler for restaurering av myr og våtmark på privat grunn utanfor verneområde.

Miljødirektoratet og Landbruksdirektoratet samarbeider om restaurering av myr og anna våtmark i perioden 2016–2020 etter ein plan dei to direktorata utarbeidde i 2016. Arbeidet er retta inn slik at det medverkar til å oppfylle regjeringa si målsetjing om reduserte klimagassutslepp, tilpassing til klimaendringane og betring i økologisk tilstand. Døme på tiltak kan vere tetting av grøfter i myr og større restaureringstiltak som remeandrering av elveløp. Kostnadseffektive tiltak skal prioriterast, og restaurering skal skje etter avtale med grunneigarar og rettshavarar.

Posten er samla sett redusert med 7 mill. kroner. For å styrkje kapasiteten hos fylkesmannen og i Statens naturoppsyn for gjennomføring av aktuelle prosjekt er det flytta 2 mill. kroner frå posten til post 21 under kap. 1420, jf. rapport frå 2018 under.

Restaurering av myr har mellom anna til føremål å redusere klimagassutslepp frå drenerte myrar. Tetting av grøfter fører grunnvatnet tilbake til sitt naturlege nivå og hindrar at myra sitt torvlag med høgt innhald av karbon blir ytterlegare nedbrote. Slik restaurering er ifølgje FNs klimapanel eit kostnadseffektivt tiltak for å redusere klimagassutsleppa i jordbrukssektoren på global skala. Restaurering av myr og anna våtmark kan vere eit tiltak for klimatilpassing då intakte våtmarker mellom anna kan dempe flaumtoppar. Restaurering vil òg betre den økologiske tilstanden i myr og anna våtmark, og betre og auke tilgangen på leveområde for ei rekkje truga arter.

I «Plan for restaurering av våtmark» frå 2016 er det sagt at ein skal gjennomføre ei utgreiing av incentivordning for å lettare få til avtaler om restaurering på privat grunn. Miljødirektoratet og Landbruksdirektoratet vil leggje fram eit forslag til ei slik ordning i løpet av hausten 2019.

Det er behov for ei bestillingsfullmakt under posten på 3,1 mill. kroner, jf. forslag til vedtak V.

Rapport 2018

Fylkesmannen i Oslo og Akershus og Fylkesmannen i Hedmark, i tillegg til Statens naturoppsyn, vart i 2018 styrkt, slik at ein vart rigga til å prosjektere og drifte mange restaureringsprosjekt under implementeringa av Plan for restaurering av våtmark i Norge (2016–2020). Ei rammeavtale for entreprenørar i Austlandsregionen har fungert godt. Kurs og seminar for å heve kompetansen om restaurering av myr vart gjennomført for entreprenørar, Statens naturoppsyn og fylkesmannen. Fleire fylkesmenn har trass i dette meldt frå om at dei ikkje har naudsynt kapasitet for planlegging og gjennomføring av restaureringsprosjekt.

Restaureringsplanen er under implementering, og det vart i 2018 gjennomført restaureringstiltak i til samen 20 myrar. Døme på verneområde der det blei restaurert myr i 2018 er Åholmen naturreservat i Nordland, Finnemarka naturreservat i Buskerud og Sætremyrane naturreservat i Sogn og Fjordane.

Når det gjeld tildeling av midlar til restaurering av anna våtmark enn myr, kan nemnast forprosjektering i Haukåsmyrane i Hordaland der det er planar om remeandrering av elveløp. I Kjelle i Akershus er det planlagt endring av bekkeløp med mål om å forseinke vatnet i vassdraget. Prosjektering av større restaureringsarbeid i anna våtmark tek mykje tid og går over fleire år. Midlar til både forprosjekt og gjennomføring av tiltak vert tildelt over denne budsjettposten, slik at det kvart år i planperioden kan gjennomførast restaureringstiltak i myr og anna våtmark.

Post 39 Oppryddingstiltak, kan overførast, kan nyttast under postane 69 og 79

Posten er knytt til resultatområde Forureining. Utgiftene må sjåast i samanheng med midlar til same føremål under postane 69 og 79.

Posten blir nytta til å dekkje utgifter til undersøkingar og gjennomføring av oppryddingstiltak i grunn på land og i botn i sjø og vatn som er forureina med helse- og miljøskadelege stoff. Løyvinga går i hovudsak til arbeid i tilknyting til opprydding i forureina sjøbotn og til arbeidet med å rydde opp i forureina jord. Opprydding i forureina sjøbotn gjeld i hovudsak oppfølging av 17 prioriterte område.

Posten kan òg nyttast til planvis kartlegging, oppfølging og tiltaksretta overvaking av forureiningssituasjonen, til undersøkingar og utgreiingar for å leggje til rette for ein målretta og effektiv innsats i oppryddingsarbeid og til anna kunnskapsoppbygging.

Prinsippet om at forureinar betaler ligg til grunn for arbeidet med oppryddinga og ligg til grunn for alle tre postane. Så langt det er rimeleg vil pålegg etter forureiningslova bli nytta som verkemiddel for å sikre opprydding. Det vil likevel vere ulike situasjonar der det er aktuelt at miljøforvaltinga dekkjer hele eller delar av utgiftene til undersøkingar, opprydding eller andre tiltak, som for eksempel:

  • Der staten ved miljøforvaltinga er den ansvarlege fordi den ansvarlege ikkje kan identifiserast, ikkje er betalingsdyktig og/eller av andre grunnar ikkje kan stå for ei god opprydding

  • Der det av miljøgrunnar hastar å få rydda opp. Staten kan forskottere oppryddingskostnadene for å komme raskt i gang, og krevje kostnadene refunderte frå den ansvarlege i etterkant

  • Der miljøforvaltinga vil skaffe fram grunnlag for å leggje til rette for kunnskapsinnhenting og formidling

  • Der det er naudsynt for å medverke til ei samla opprydding eller anna tiltaksgjennomføring i eit område

  • Der det av andre grunnar er urimeleg at den ansvarlege skal dekkje alle kostnadene

Mange av dei store oppryddingsprosjekta i forureina sjøbotn er delfinansierte av kommunar og andre aktørar. Ettersom prosjekta strekkjer seg over fleire år, er det naudsynt å kunne inngå forpliktingar for framtidige år til å kjøpe inn materiell og til å gi tilsegn om tilskot ut over gitt løyving under kap. 1420 Miljødirektoratet postane 39, 69 og 79 Oppryddingstiltak. Ut frå behovet blir det fremja forslag om ei slik fullmakt på 31 mill. kroner, jf. forslag til vedtak VII.

Rapport 2018

Rapportering på resultat frå ressursbruken i oppryddingsarbeidet for 2018 er samla under post 79.

Post 61 Tilskot til klimatiltak og klimatilpassing, kan overførast

Posten er knytt til resultatområde Klima.

Løyvinga på posten for 2020 er samla sett på 187,8 mill. kroner, og omfattar dei to tilskotsordningane Klimasats (ordning for tilskot til kommunale klimatiltak for å kutte utslepp av klimagassar) og tilskot til klimatilpassingstiltak i kommunane. Under Klimasats-ordninga ligg òg ei førebels og øyremerka satsing på utvikling av hurtigbåtar med null- og lågutsleppsløysingar. Løyvinga må sjåast i samanheng med tilsegnsfullmakta på posten.

Klimasatsordninga strekkjer seg over fleire år, og for 2020 vert det fremja forslag om ei tilsegnsfullmakt under posten på 424,6 mill. kroner, jf. forslag til vedtak VI. Som følgje av utsette utbetalingar er posten mellombels redusert med 77,4 mill. kroner som kjem til utbetaling i seinare år (mot tilsvarande auke av tilsegnsfullmakta). Vidare er posten redusert med 20 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett 2019. Til klimatilpassingstiltak i kommunane vidareførast ei løyving på 6,4 mill. kroner. Ein vil derfor kunne gi tilskot gjennom Klimasatsordninga på 181,8 mill. kroner. I tillegg er det sett av 2 mill. kroner til forvaltning av ordninga under kap. 1420 post 01, jf. oppmodingsvedtak nr. 84 av 3. desember 2015 og 3 mill. kroner under kap. 1420 post 21 til kjøp av tenester for å spreie kunnskap og erfaring frå prosjektet jf. Innstilling 2 S (2017–2018).

I revidert nasjonalbudsjett 2019 vart det sett av 25 mill. kroner til ei førebels ordning under Klimasats, øyremerka til utvikling av hurtigbåtar med null- og lågutsleppsløysingar. Regjeringa foreslår at den førebelse ordninga vert utvida og styrkt med 80 mill. kroner for 2020. Formålet er å utløyse auka bruk av null- og lågutsleppsløysingar i fylkeskommunale hurtigbåtsamband. Dette er oppfølgjing av regjeringas handlingsplan for grøn skipsfart. Av desse midla er det sett av 2 mill. kroner til forvaltning av ordninga under kap. 1420 post 01 og 1 mill. kroner under kap. 1420 post 21.

Når den pågåande evalueringa av Klimasats er gjennomført, vil regjeringa vurdere om ordninga sitt føremål eventuelt kan takast vare på innanfor Enovas mandat.

Klimatiltak (Klimasats)

Boks 7.2 Kort om ordninga:

  • Klimasatsprosjekta utgjer ein stor kunnskapsbank. Formidling av erfaringar gjennom rettleiing, webinar og samlingar er ein sentral del av Klimasats.

  • Kommunane har sendt meir enn 1580 søknader om Klimasats-midlar i perioden 2016–2019. Søknadene er politisk forankra og set klima på dagsorden i kommune-Noreg.

  • Samla søkjesum er over 1,6 mrd. kroner.

  • 951 ulike prosjekt har fått tilsegn om til saman 628 mill. kroner.

  • Mange prosjekt involverer fleire kommunar og fylkeskommunar.

  • Nokre prosjekt gir utsleppskutt straks, andre tiltak initierer ei langsiktig omstilling til lågutsleppssamfunnet.

  • Stor breidde i tiltak, og mange klimatiltak blir prøvde ut, ofte i dialog med næringslivet.

  • Meir enn 279 kommunar er engasjerte i interkommunale nettverk. Interkommunalt samarbeid er viktig i omstillinga til lågutsleppssamfunnet.

Mål

Formålet er å fremje klimatiltak i kommunar og fylkeskommunar ved å støtte prosjekt som bidreg til reduserte utslepp av klimagassar og omstilling til lågutsleppssamfunnet. Den øyremerka førebelse ordninga for klimavenlege hurtigbåtar har som formål å auke bruken av null- og lågutsleppsløysingar i fylkeskommunale hurtigbåtsamband.

Kriterium for måloppnåing

Midlane skal gå til dei beste prosjekta for klimagassreduksjon og omstilling til lågutsleppssamfunnet. Midlane skal fortrinnsvis utløyse tiltak, men delar av midlane kan gå til planlegging og utgreiing av tiltak. Dei kan òg gå til nettverksbygging og erfaringsdeling. Midlane i den øyremerka ordninga for klimavenlege hurtigbåtar skal gå til tiltak som legg til rette for å auke bruken av null- og lågutsleppsløysingar i fylkeskommunale hurtigbåtsamband.

Tildelingskriterium

Kommunar og fylkeskommunar kan søkje om midlar til 5 ulike formål: Klimavennleg areal- og transportplanlegging, klimavennleg transportgjennomføring av tiltak, klimagassreduserande tiltak i andre sektorar, forprosjekt for klimagassreduserande tiltak og interkommunale nettverk for kompetanseheving og deling av erfaring. Vidare er det ei eiga førebels ordning der det kan søkjast om midlar som skal bidra til auka bruk av null- og lågutsleppsløysingar for fylkeskommunale hurtigbåtsamband. Detaljerte kriterium finst på www.miljødirektoratet.no/klimasats.

Oppfølging og kontroll

Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane leverer sluttrapport med resultat, dokumentasjon og bekrefta rekneskap. Dei ulike prosjekta har individuelle rapporteringskrav og fristar slik at ein får føremålstenleg rapportering. Endringar i prosjektet blir melde inn undervegs. Langvarige prosjekt har krav om årleg delrapport. Enkelte prosjekt har òg krav om etterrapportering, der dei skal gjere greie for erfaringane når tiltaket har hatt noko verknadstid.

Tilskotsbeløpet blir utbetalt i etterkant av utgifter som har påløpt, og for langvarige prosjekt er det delutbetalingar på grunnlag av rekneskap.

Boks 7.3 Kort om førebels satsing for utvikling av hurtigbåtar med null- og lågustleppsløysingar

Utsleppa per passasjerkilometer for hurtigbåtane er høge. Samla utslepp frå hurtigbåtar var omlag 150 000 tonn CO2 i 2016. Samstundes er teknologiske løysingar for å redusere utsleppa betydeleg, tilgjengelege og under utvekling.

Det er fylkeskommunane som har ansvaret for drift av dei omlag 100 hurtigbåtsambanda langs kysten. Utviklinga av null- og lågutsleppsløysingar vil vere avhengig av kva krav fylkeskommunane stiller i anboda.

Det blei løyvd 25 mill. kroner til ei øyremerka førebels ordning for utviklinga av klimavenlege hurtigbåtar under Klimasats i samband med revidert nasjonalbudsjett 2019. Regjeringa føreslår at det i 2020 vert sett av 80 mill. kroner til å styrke den førebelse ordninga under Klimasats.

Ved å støtte fylkeskommunane slik at dei i større grad kan krevje nye klimavenlege løysingar for deira hurtigbåtanbod, ønskjer regjeringa å stimulere til auka bruk av null- og lågutsleppsteknologi for hurtigbåtar og bidra til at desse kjem i drift.

Rapport 2018

I 2018 fekk Miljødirektoratet 355 søknader frå 150 kommunar og fylkeskommunar, om til saman 318 millionar kroner. 125 kommunar og om lag 250 prosjekt fekk støtte. Mobilitetspunkt med sykkel- og elbilparkering, ombruk av steinmassar og byggjematerialar, mindre matsvinn på sjukeheimar og skular, elektriske varebilar og drosjer, og klimavennlege bygg og byggjeplassar var noko av det som fekk Klimasatspengar i 2018.

Den øyremerka førebelse ordninga for fylkeskommunale hurtigbåtsamband starta opp i 2019 (RNB). Denne ordninga vil bli rapportert på i Statsbudsjettet for 2021.

Klimatilpassing

Mål

Tilskotsordninga skal fremme arbeidet med klimatilpassing i kommunar og fylkeskommunar ved å bidra til å auke kunnskap om korelis klimaendringane råkar dei, og kva tiltakt som må iverksetjast for å måle klimaendringane. Dette omfattar kunnskap om korleis klimaendringane kan verke inn på kommunane/fylkeskommunane sine ansvarsområde, og/eller utgreiingar om kva slag tiltak kommunane må setje i verk for å møte klimaendringane.

Denne ordninga er avgrensa slik at overlapp med NVE sitt tilskott til flaum- og skredførebygging og miljøtiltak langs vassdrag blir unngått.

Kriterium for måloppnåing

Midlane må brukast på tiltak som gjer samfunnet betre rusta mot klimaendringane.

Tildelingskriterium

Kommunar og fylkeskommunar kan søkje om midlar til kunnskapsoppbygging og til utgreiing av konkrete tilpassingstiltak. Midlane kan ikkje brukast til gjennomføring av fysiske klimatilpassingstiltak.

Oppfølging og kontroll

Resultatkontroll og oppfølging av tilskot til klimatilpassing skjer ved at det blir følgt opp at tilskots-mottakarane nyttar midlane som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontroll av bruk av midlar skjer blant anna gjennom dokumentasjon i sluttrapport innsend av tilskotsmottakar.

Rapport 2018

Det vart løyvd 6,4 mill. kroner til tilskotsordninga for klimatilpassingstiltak i 2018 og 19 kommunar og fylkeskommunar fekk tilskot til arbeidet med klimatilpassing. Meir nedbør og meir ekstreme nedbørshendingar er ei utfordring for mange kommunar. Handtering av flaum, overvatn, og havnivåstigning, er det dei alle fleste har fått stønad til i 2018. I tillegg blei det gitt støtte til klimatilpassingsstrategiar og til klimatilpassing og kulturminne.

Post 63 Returordning for kasserte fritidsbåtar, kan overførast

Posten gir tilskot til kommunale anlegg for behandling av kasserte fritidsbåtar. Tilskot til private behandlingsanlegg og til kommunale og interkommunale verksemder som er organisert som sjølvstendige rettssubjekt blir utbetalt frå post 75. Ordninga rettar seg mot resultatområde Forureining. Posten er redusert med 18 mill. kroner frå 2019.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å stimulere båteigarar til å levere kasserte båtar til godkjend returplass slik at fritidsbåten kan takast hand om på ein forsvarleg måte og gjenvinnast. Posten dekkjer utbetaling av tilskot for kostnader ved behandling ved ein kommunal eller interkommunal behandlingsplass.

Frå 1. oktober 2017 vert det utbetalt tilskot til kasserte fritidsbåtar over denne posten. Det vert utbetalt eit beløp per kg båt som blir levert inn til behandlingssystemet for å dekkje kostnadane kommunane har ved å behandle båtvraka.

Kriterium for måloppnåing

Tilskotsordninga skal medverke til å auke innlevering av fritidsbåtar som skal vrakast slik at dei kan takast hand om på ein forsvarleg måte og ikkje blir etterlatt i naturen, ulovleg senka eller brent.

Tildelingskriterium

Tilskot til behandling av kasserte fritidsbåtar blir utbetalt til behandlingsanlegg av Miljødirektoratet. Tilskotet i kroner per båt er basert på kostnadene ved å behandle fritidsbåtane. Tilskot til private behandlingsanlegg og kommunale og interkommunale verksemder organisert som sjølvstendige rettssubjekt blir utbetalte frå post 75.

Oppfølging og kontroll

Miljødirektoratet kontrollerer dokumentasjon frå behandlingsanlegget i samband med at kasserte fritidsbåtar blir behandla.

Rapport 2018

Ordninga vart vedteken i statsbudsjettet for 2017 og blei verksam frå 1. oktober 2017. I 2018 blei det levert totalt ca. 9.100 kasserte fritidsbåtar over både post 63 og post 75. Samla utbetaling til kommunale anlegg var om lag 520.000 kroner i 2018.

Post 64 Skrantesjukeprøver frå fallvilt

Tilskotsordninga er retta mot resultatområde Naturmangfald. Skrantesjuke er ein prionsjukdom som er dødeleg for hjortedyr. Det er påvist to typar av skrantesjuke i Noreg. I Nordfjella sone 1 er det påvist ein smittsam type av skrantesjuke. For å auke kunnskapen om utbreiinga av denne typa av skrantesjuke er det viktig å teste all villrein felt under jakt, og ta prøver frå jakt på elg og hjort i område nær Nordfjella villreinområde. Ein annan type skrantesjuke, kalla atypisk skrantesjuke, er funnen hos tre elgar i Trøndelag, ein elg i Buskerud og ein hjort i Møre og Romsdal. For å auke kunnskapen om atypisk skrantesjuke skal det gjennomførast målretta kartlegging i dei områda der denne typen er funnet. I tillegg skal elg og hjort i et tilfeldig utval av kommunar testast.

Skrantesjuke kan bli påvist i prøver frå hjerne og lymfeknutar. Dette krev tilgang til døde dyr og relativt ferske prøvar. Tilgangen til døde hjortevilt, og høve til å ta ut hjerneprøvar er størst i samband med jakt. I tillegg skal fallvilt av alle arter av hjortevilt bli testa for skrantesjuke i alle kommunar og villreinområde i Noreg. Kommunen sitt ettersøkspersonell er den gruppa som er mest i kontakt med fallvilt, og det er derfor ofte føremålstenleg at dei tek ut naudsynte prøvar. Kommunen skal alltid registrere fallvilt i Miljødirektoratet sin database Hjorteviltregisteret, under dette om skrantesjukeprøve er teken. Kommunens prøvetaking av fallvilt kan føre til ekstra utgifter. Posten er oppretta for å dekkje utgifter kommunar har i samband med kartlegging av skrantesjuke hos fallvilt.

Målsetjinga med tilskotsordninga er kartlegging av mogleg spreiing av skrantesjuke.

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er at tilskotsordninga medverkar til auka kartlegging av skrantesjuke hos fallvilt.

Tildelingskriterium

Det er oppretta ein eigen modul i Miljødirektoratets elektronisk søknadssenter, der kommunar kan søkje om tilskot i etterkant av den årlege rapporteringsfristen for fallvilt. Søknadssenteret hentar automatisk det talet skrantesjukeprøvar som kommunen har registrert frå fallvilt i Hjorteviltregisteret. Det blir gitt ein fast sats per registrert prøve, og summen blir utbetalt som tilskot til kommunane.

Oppfølging og kontroll

Oppfølging og kontroll blir gjennomført av Miljødirektoratet gjennom Elektronisk søknadssenter.

Rapport 2018

Rapportering av fallvilt følger jaktåret (1. april–31. mars), og for jaktåret 2017/2018 søkte til saman 79 kommunar/samkommunar om tilskot for 1217 prøvar til ein samla sum på 0,43 mill. kroner. Det var litt færre kommunar som søkte enn førre år, men det er søkt om kompensasjon for fleire innsende prøvar. Det blir arbeidd fortløpande for å få inn fleire prøvar frå fallvilt.

Post 65 Tiltak i kommunar med ulverevir i Hedmark, Akershus og Østfold

Tilskotsordninga er retta mot resultatområde Naturmangfald.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å medverke til konfliktdemping i kommunar med ulverevir.

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er at tilskotsordninga medverkar til konfliktdemping.

Tildelingskriterium

Ordninga gjeld for kommunar innanfor fylka Hedmark, Akershus og Østfold som har eitt eller fleire ulverevir per 1. juni. Tilskotet blir fordelt likt på kommunane.

Kommunane skal disponere tilskotet vidare på tiltak som medverkar til å oppfylle formålet med forskrifta. Kommunane skal sjølve avgjere kva konfliktreduserande tiltak som skal finansierast.

Kommunen står fritt til å disponere tilskotet og velje tiltak, under dette å tilgodesjå aktuelle næringsinteresser, organisasjonar eller privatpersonar. Bruken av tilskotet skal vere relatert til den særlege belastninga av å ha eit ulverevir i kommunen.

Oppfølging og kontroll

Kommunar som blir tildelte tilskot, skal innan 1. mai rapportere til Miljødirektoratet om korleis tilskotet er brukt og i kva grad bruken har medverka til å nå målet for ordninga. Miljødirektoratet vurderer tilskotsordninga årleg.

Rapport 2018

Totalt 14 kommunar søkte om tilskot i 2018. Av desse blei 14 kommunar tildelt 1,42 mill. kroner kvar, til saman 19,88 mill. kroner.

Post 69 Oppryddingstiltak, kan overførast, kan nyttast under postane 39 og 79

Utgiftene på posten må sjåast i samanheng med midlar til same føremål under postane 39 og 79. Midlane er retta mot resultatområde Forureining. I dei fleste område som får støtte stammar forureininga frå langt tilbake i tid og det er vanskeleg å finne den ansvarlege forureinaren. Midlane som staten løyver over dei tre postane 39, 69 og 79 er derfor naudsynte for at oppryddinga av forureiningane skal bli gjennomført.

Posten er auka med 24 mill. kroner i høve til 2019. Dette skuldast større løyvingar til oppryddinga i Horten i 2020 enn ved oppstart i 2019. Fullmakta er berekna til 31 mill. kroner som i hovudsak også vil gå til oppryddinga i Horten hamn.

Elles vil den samla løyvinga på postane 39, 69 og 79 gå til vidareføring og gjennomføring av allereie vedtekne oppryddingstiltak, inkludert tiltak der det har blitt gitt finansieringstilsegn frå miljømyndigheitene, og til ei rekkje mindre tiltak særleg innanfor forureina sjøbotn.

Mål

Posten skal nyttast til å dekkje utgifter som kommunane har til å undersøkje og til å gjennomføre oppryddingstiltak i grunn på land og i botn i sjø og vatn som er forureina med helse- og miljøskadelege stoff.

Kriterium for måloppnåing

Både for forureina sjøbotn og forureina grunn er bruk av midlane knytt opp mot det nasjonale målet «Forureining skal ikkje skade helse og miljø» og til målet «Utslipp av helse- og miljøskadelege stoff skal stansas.»

Tildelingskriterium

I dei prioriterte tiltaksplanområda for forureina sjøbotn vil kommunen ofte stå for førebuing og gjennomføring av oppryddingstiltak. Posten skal nyttast til delfinansiering av oppryddingsprosjekt i kommunal regi, og der fleire aktørar er med på å finansiere tiltaket. Kommunen må normalt òg sjølv medverke med midlar. Sjå òg omtale under kap. 1420 postane 39 og 79.

Oppfølging og kontroll

Kontroll av bruk av midlar skjer mellom anna gjennom dokumentasjon av framdrift og sluttrapport innsendt av tilskotsmottakar.

Rapport 2018

Rapportering på resultat frå ressursbruken i oppryddingsarbeidet for 2018 er samla under post 79.

Post 70 Tilskot til vassmiljøtiltak, kan overførast

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

70.1

Kalking

18 849

3 767

3 767

70.2

Anadrom laksefisk

15 807

14 957

13 457

70.3

Generell vassforvaltning

17 980

11 568

23 568

Sum post 70

52 636

30 292

40 792

Tilskotsordningane under posten er retta mot resultatområde Naturmangfald.

Posten samlar alle tilskotsmidlane til ulike vassmiljøtiltak. På same vis som post 22 er delt inn i midlar til kalking, bevaring og forvalting av viltlevande anadrom laksefisk og heilskapleg vassforvalting, er post 70 delt inn etter tilskotsordningar for dei same føremåla.

Posten er samla sett auka med 10,5 mill. kroner.

Kalking

Mål

Målet med tilskotsordninga er å medverke til å redusere dei negative effektane av sur nedbør på naturmangfaldet i vassdrag.

Kriterium for måloppnåing

God vasskvalitet er hovudkriteriet for måloppnåing. Kriteria og framdriftsplan for desse følgjer av handlingsplanen for kalkingsverksemda.

Tildelingskriterium

Tilskot kan bli gitt til kjøp, transport og spreiing av kalk, til informasjon om effektar av tiltak som er gjennomført, og til rettleiing om kalking i vassdrag. Det kan ytast tilskot til prosjekt i område der tolegrensa for menneskeskapt forsuring er overskriden, og der det kan påvisast eller er sannsynleg at skadar på naturmangfaldet skuldast forsuring. I område der tolegrensa ikkje lenger er overskriden, men der tidlegare forsuring har ført til at det opphavlege mangfaldet er borte, kan det bli gitt tilskot til å setje i stand opphavleg naturmangfald. Det blir ikkje gitt tilskot til naturleg sure lokalitetar. Ved tildeling av midlar kan det stillast vilkår om at fisket i området blir opna for allmenta etter retningslinjer gitt av miljøstyresmaktene, og at søkjaren medverkar med ein viss eigeninnsats. Eigeninnsatsen kan vere delfinansiering eller arbeidsinnsats.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarane blir følgde opp for å sikre at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.

I tillegg skjer resultatkontroll og oppfølging gjennom undersøkingar av vasskvalitet og biologiske forhold i vassdraga.

Rapport 2018

Det meste av midlane under ordninga vart i 2018 brukt til kalking av innsjøar og bekkar, hovudsakleg i Agder. Det vart òg gitt tilskot til Voss klekkeri og informasjonstiltak, mellom anna bladet «pH-status».

Anadrom laksefisk

Ordninga er redusert med 1,5 mill. kroner.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å leggje til rette for bevaring og forvalting av vill anadrom laksefisk.

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er å medverke til å nå måla for viltlevande anadrom laksefisk.

Tildelingskriterium

Det kan givast tilskot til tiltak knytte til informasjon om og forvalting av villaks, sjøaure og sjørøye, under dette bevarings- og kultiveringstiltak og til anvend FoU-verksemd og overvaking som grunnlag for mellom anna lokal forvalting av lakse- og sjøaurebestandar. Det kan òg givast tilskot til tiltak for å betre tilgangen til og moglegheita for fiske for allmenta.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarane blir følgt opp for å sikre at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.

I tillegg skjer resultatkontroll og oppfølging gjennom undersøkingar av vasskvalitet og biologiske forhold i vassdraga.

Rapport 2018

Midlane vart i 2018 nytta til overvaking av bestandssituasjonen for laks og sjøaure, forsking og utvikling innan arbeidet med nedkjemping av Gyrodactylus salaris, forvaltning av Tanavassdraget og informasjons- og kunnskapsformidlingstiltak. I tillegg er det gitt tilskot til tiltak i regi av organisasjonar og planlegging av det internasjonale lakseåret. Samla har dette medverka til betre forvalting og styrkt kunnskapsgrunnlag knytt til anadrom laksefisk.

Generell vassforvalting

Ordninga er auka med 12 mill. kroner.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å medverke til god økologisk og kjemisk tilstand i vatn, jf. vassforskrifta.

Kriterium for måloppnåing

God vasskvalitet er hovudkriteriet for måloppnåing. Lokal involvering vil òg vere eit viktig kriterium. Kriteria og framdriftsplan for desse følgjer av vassforskrifta og dei regionale vassforvaltingsplanane og tiltaksprogramma.

Tildelingskriterium

Tilskot kan givast til vassområde med særskilte utfordringar til tiltak der målet er god økologisk og/eller kjemisk tilstand i vatn, til tilrettelegging, organisering og informasjon knytt til arbeidet i vassområde og vassregionar, og til utgreiingar og andre tenestekjøp knytte til særskilte utfordringar i vassområda.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarane blir følgde opp for å sikre at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.

Rapport 2018

Tiltak for betring av vassmiljøet lokalt, både konkrete tiltak og kartlegging av utfordringar blei prioriterte. Det vart gitt tilskot til tiltak over heile landet.

Det vart òg gitt tilskot til organisasjonar som har medverka i vassforvaltingsarbeidet. Samla har dette medverka til betre vassforvalting, styrkt kunnskapsgrunnlag og betre vassmiljø lokalt.

Post 71 Marin forsøpling, kan overførast

Posten er retta mot resultatområde Forureining og er delt opp i to tilskotsordningar.

Tilskot til Salt Lofoten for arbeid med Fishing for Litter

Fishing for litter er ei ordning der eigarlaust marint avfall frå fiskeflåten kan leverast vederlagsfritt. I dag gjeld dette ni hamner i Noreg. I 2019 vart det utbetalt ca. 1,9 mill. kroner til Salt Lofoten for arbeidet med denne ordninga. Klima- og miljødepartementet foreslår å utvide ordninga slik at ytterlegare to hamner blir omfatta. Ordninga vil då omfatte elleve hamner og vil bli utvida til ca. 2,4 mill. kroner i 2020. Midlar til dette blir tekne frå den ordinære løyvinga på 71-posten.

Tilskot til marin forsøpling

Mål

Ordninga skal gå til tiltak for å redusere marin forsøpling gjennom å dekkje utgifter knytte til opprydding av marint avfall og til førebyggjande arbeid. Høg merksemd skal vere på strandsona og rydding av marint avfall på sjøbotnen. Prinsippet om at forureinar betaler skal liggje til grunn for arbeidet. Opprydding der det finst ein ansvarleg for avfallet er ikkje omfatta av ordninga. I slike tilfelle kan styresmaktene gi pålegg om opprydding, og utgiftene skal dekkjast av ansvarleg forureinar.

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er at midlane er knytte opp mot det nasjonale målet om «Veksten i mengda avfall skal vere vesentleg lågare enn den økonomiske veksten, og ressursane i avfallet utnyttast best mogleg gjennom materialgjenvinning og energiutnytting».

Tildelingskriterium

Det er utarbeidd ei forskrift med kriterium for bruken av ordninga. Denne tredde i kraft 1. januar 2019.

Følgjande kriterium skal tilleggjast vekt ved vurdering av tiltak:

  • Oppryddingstiltak som er retta mot lite tilgjengelege område som truleg ikkje vil bli rydda av andre, eller stader der forsøplinga medfører svært stor skade for natur og miljø

  • Førebyggingstiltak med ein målretta plan for å engasjere og involvere spesifikke sektorar eller næringar, for eksempel gjennom distribusjon av informasjons- og undervisningsmateriell

  • Prosjekt som samlar aktørar, mange deltakarar og dekkjer større geografiske område

  • Søkjarar med spesiell kompetanse innanfor det omsøkte tiltaket

  • Tiltak som sikrar ein effektiv bruk av midlane med godt dokumenterte utgiftspostar

  • Tiltak som medverkar med eigenfinansiering eller medfinansiering frå andre kjelder

  • Tiltak som inneheld konkrete og realistiske/gjennomførlege planar for gjennomføring av prosjektet

Oppfølging og kontroll

Kontroll av bruk av midlane skjer mellom anna gjennom sluttrapport innsend av tilskotsmottakar.

Rapport 2018

Det vart i 2018 utbetalt 69 mill. kroner til 73 ulike søknader (totalt 163 søknader). Om lag 61 mill. kroner gjekk til rydding av strender, havbotn og førebyggjande arbeid. Om lag 2,7 mill. kroner gjekk til vidareføring av dei to pilotprosjekta om miljøvennleg vedlikehald av fritidsbåtar og om lag 1,9 mill. kroner gjekk til prøveordninga Fishing For Litter. Om lag 3–5 mill. kroner gjekk til ulike prosjekt for å hente inn kunnskap.

Post 72 Erstatning for beitedyr tekne av rovvilt, overslagsløyving

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

72.1

Erstatning for husdyr

44 031

65 696

55 798

72.2

Erstatning for tamrein

90 540

71 282

85 563

Sum post 72

134 572

136 978

141 361

Posten er retta mot resultatområde Naturmangfald. Posten omfattar erstatningar for husdyr og tamrein som er drepne eller skada av rovvilt. Erstatningane kan variere frå år til år, blant anna på grunn av naturgitte forhold. Løyvingsbehovet er slik sett vanskeleg å stipulere, og posten er derfor budsjettert som overslagsløyving.

Ut frå prinsippet om realistisk budsjettering er 12 mill. kroner av løyvinga på underpost 1 Erstatning for husdyr flytta til underpost 2 Erstatning for tamrein. Posten er samla sett auka med om lag 4 mill. kroner.

Mål

Ordninga skal sikre full erstatning for dokumenterte og sannsynleggjorte rovviltskadar på husdyr og tamrein slik dette er nedfelt i naturmangfaldlova.

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er at ordninga tek vare på dyreeigaren sin lovfesta rett til full erstatning i tilfelle der rovvilt er årsak til tap av dyr.

Tildelingskriterium

Erstatningar blir utbetalte i samsvar med «Forskrift om erstatning når husdyr blir drept eller skadet av rovvilt», fastsett 30. mai 2014 og «Forskrift om erstatning for tap og følgeskader når tamrein blir drept eller skadet av rovvilt», fastsett 4. mai 2001.

Oppfølging og kontroll

Erstatningssøknadene blir gjennomgått for å sikre at vilkåra for erstatning er oppfylte. Dokumentasjon av rovviltskadane, som blir gjennomført av Statens naturoppsyn, er viktig grunnlag for erstatning. Bestandsregistreringa er òg betra dei siste åra gjennom felles metodikk mellom Noreg og Sverige, betra moglegheit for publikum til å melde inn rovviltobservasjonar og auka ressursar for Statens naturoppsyn.

Rapport 2018

Erstatningsoppgjeret for husdyr og tamrein er gjennomført i medhald av gjeldane reglar. Det er framleis stor variasjon i tapsutviklinga i ulike område, men på nasjonalt nivå let det til å vere ein god samanheng mellom auka innsats på førebyggjande tiltak og reduksjon i sauetapa. For reinnæringa ser ein ikkje ein tilsvarande samanheng. For denne næringa er det vanskelegare å finne eigna tiltak, og tapsforholda varierer i større grad med naturgitte forhold knytte til klima, beitegrunnlaget o.a.

Post 73 Tilskot til rovvilttiltak, kan overførast

Posten er retta mot resultatområde Naturmangfald. Posten dekkjer utgifter til førebyggjande og konfliktdempande tiltak i rovviltforvaltinga, under dette godtgjering til lokale fellingslag og tilskot til Noregs Jeger- og Fiskarforbund for rovvilttiltak som ei oppfølging av rovviltforliket av 2011. Innafor posten er det sett av 10 mill. kroner til omstillingstiltak.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å førebyggje rovviltskadar i husdyrhald og tamreindrift gjennom å medverke til å finansiere førebyggjande tiltak. Midlane skal òg nyttast til omstillingstiltak for dyreeigarar med utmarksbasert sauehald, som over eit lengre tidsrom har hatt omfattande rovviltskadar og ønskjer ei omstilling til anna næringsverksemd med tilknyting til landbrukseigedommen. Vidare skal midlane nyttast til godtgjering ved forsøk på skadefelling av rovvilt, og medverke til å dempe konfliktar og auke verdiskapinga knytt til førekomst av rovdyr i lokalsamfunn. Det blir lagt vekt på å føre vidare arbeidet med tiltak innan førebygging og konfliktdemping med utgangspunkt i Stortingets behandling av St.meld. nr. 15 (2003–2004) Rovvilt i norsk natur, jf. Innst. S. nr. 174 (2003–2004), og rovviltforliket på Stortinget våren 2011 (jf. Representantforslag 8:163 S (2010–2011)).

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er at tilskotsordninga stimulerer til mindre tap og konfliktar i forhold til førekomst av rovvilt i dei ulike rovviltregionane ved å setje i verk effektive førebyggjande og konfliktdempande tiltak. Vidare er det eit kriterium for måloppnåing at tilskotsordninga fører til omstillingar der dette fører til reduserte tap og konfliktar.

Tildelingskriterium

Tilskot til førebyggjande og konfliktdempande tiltak blir fordelte etter ei føresegn fastsett i 2013, mens føresegna som omhandlar omstillingstiltak vart fastsett i 2015. I tråd med føringane i rovviltpolitikken vil ein hovuddel av midlane bli kanalisert gjennom dei åtte regionale rovviltnemndene. Midlane skal nyttast til førebyggjande tiltak i husdyrhald og tamreindrift og til konfliktdempande tiltak retta mot kommunar og lokalsamfunn. I kvar region har den regionale rovviltnemnda utarbeidd ein forvaltingsplan som skal sikre at det over tid blir lagt til rette for tilpassingar som gir eit best mogleg skilje mellom beitedyr og faste førekomstar av rovvilt. Dette inneber blant anna at besetningar med store årlege tap til rovvilt bør prioriterast for tilskot til naudsynte driftstilpassingar. Dei regionale rovviltnemndene har hovudansvaret for at tildelingane over posten skjer i tråd med eigen forvaltingsplan i den enkelte regionen. Det er utarbeidd nasjonale standardar for nokre av dei ulike førebyggjande tiltaka. Desse standardane skal følgjast ved iverksetjing av tiltaka. Det blir i samband med tildeling av tilskotet lagt stor vekt på samarbeid med dei ulike forvaltingsorgana, blant anna Mattilsynet, og på at næringsdrift skal ha langsiktige og føreseielege vilkår. Midlane til omstilling skal fordelast av Miljødirektoratet, etter innspel frå regionale og lokale miljø- og landbruksstyresmakter.

Auka beitebruk med sau i rovviltprioriterte område skal ikkje stimulerast. For å medverke til ei tydelegare soneforvalting skal midlar til førebyggjande og konfliktdempande tiltak normalt prioriterast slik at det blir fokusert på besetningar som ikkje medverkar til auka tal på beitedyr i rovviltprioriterte område. På same måte skal nyetablert beitebruk med sau i rovviltprioriterte område prioriterast lågt. I 2018 vart det fastsett satsar for heimebeite med sau i beitesesongen og for tidlegare sanking.

Oppfølging og kontroll

Det blir utført ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportar frå tilskotsmottakarar om gjennomføring av tiltak og ressursforbruk. For å sikre effektiv bruk av midlane er det lagt vekt på kontroll med at førebyggjande tiltak som er støtta med offentlege midlar følgjer nasjonale standardar der slike er utarbeidde.

Rapport 2018

I 2018 vart det behandla i alt 436 søknadar om konkrete førebyggjande tiltak, og det vart behandla 233 søknader om tiltak for å dempe konfliktar kring rovvilt. Det kom inn 136 søknader om akutte tiltak, og det vart gjennomført omstillingstiltak for fire bruk som hadde opplevd vesentleg rovviltskade i besetningane over fleire år. Det kan ut frå statistikk over erstatningsutbetaling for skade/tap av sau, sjå ut til at tapa går ned med ein auke i avsette midlar til tiltak. Reduksjon i tapsomfanget kan òg henge saman med den geografiske differensieringa av både rovviltførekomst og prioritering av tiltak. Det er ikkje gjennomført evaluering av ordninga basert på enkelttiltak.

Brukarar sender søknad elektronisk, og alle rapportar kan sendast inn på same vis. Dette fører til betre oversikt over oppnådde resultat og brukarane si vurdering av måloppnåinga ved dei einskilde tiltaka. Resultata vert publiserte på ei nettside slik at alle kan ta del i vurderingane.

Post 74 CO2-kompensensasjonsordning for industrien

Posten er knytt til resultatområde Klima. Det årlege støttebeløpet avheng mellom anna av utviklinga i kvoteprisen og blir utbetalt etterskotsvis året etter støtteåret. Dette inneber at det for støtteåret 2019 må løyvast pengar for utbetalingar i samband med statsbudsjettet for 2020. Basert på gjeldande overslag er posten auka med 934,3 mill. kroner frå saldert budsjett 2019 til 1 472,5 mill. kroner i 2020. Auken skuldast hovudsak anna endring i kvotepris, og at departementet har endra Miljødirektoratets vedtak om grunnlag for CO2-kompensasjon for perioden 2013–2020 for Norske Skog Saugbrugs, noko som inneber at denne verksemda vil få auka utbetalingar for støtteåra 2019, 2020 og 2021.

Mål

Målet med ordninga er å kompensere norsk industri for auka kraftprisar som følgje av EUs kvotesystem for CO2-utslepp. Kompensasjonen skal redusere faren for karbonlekkasje og slik hindre auke i globale utslepp som følgje av utflytting av industri til land med mindre stram klimapolitikk. Ordninga er basert på EU-kommisjonen sine retningslinjer som opnar for statsstøtte til utvalte industrisektorar som er vurderte til å vere særleg utsette for karbonlekkasje. Den norske ordninga vart godkjent av EFTA sitt overvakingsorgan ESA i september 2013.

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er at tilskotsordninga reduserer faren for karbonlekkasje.

Tildelingskriterium

Ordninga omfattar industriverksemder i alle 15 sektorar som i høve til EUs retningslinjer har moglegheit for støtte. Dette inkluderer blant anna produsentar av aluminium, ferrolegeringar, kjemiske produkt og treforedling.

Ordninga gjeld ikkje for langsiktige kraftavtaler inngått før 2005. Vidare skal industrien sin eigen kraftproduksjon komme til fråtrekk i utbetalinga av støtte. Ordninga gjeld for perioden 1. juli 2013 til 31. desember 2020.

Oppfølging og kontroll

Ordninga blir administrert av Miljødirektoratet, som i behandling av søknadane kontrollerer om dei enkelte verksemdene fyller vilkåra for utbetaling av kompensasjon. Det blir årleg rapportert om bruken av midlar til EFTA sitt overvakingsorgan ESA og til Stortinget i samband med budsjettet.

Rapport for støtteåret 2018

Fristen for å rapportere mellom anna produksjonstal og elektrisitetsforbruk for 2018 var 1. mars 2019. Basert på innrapporterte tal for 2018 har Miljødirektoratet i 2019 utbetalt 512,86 mill. kroner for støtteåret 2018.

Post 75 Utbetaling for vrakpant, og tilskot til køyretøy og fritidsbåtar, overslagsløyving

Ordninga rettar seg mot resultatområde Forureining. Tilskot til kommunale anlegg for behandling av kasserte fritidsbåtar ligg under post 63 Returordning for kasserte fritidsbåtar. Posten er nedjustert med 54,8 mill. kroner.

Mål

Målet med vrakpantordninga for køyretøy er å stimulere bileigarar til å levere utrangerte bilar til godkjend biloppsamlingsplass slik at bilvraket kan takast hand om på ein forsvarleg måte og gjenvinnast. Posten dekkjer utbetaling av vrakpant og kostnader ved overføring av vrakpanten til bileigaren. Forskrift om kasserte køyretøy gir produsentar og importørar ansvaret for handtering av kasserte køyretøy. Produsentansvaret er ein del av avfallsforskrifta kapittel 4 om kasserte køyretøy.

Vrakpantordninga vart frå og med 1. januar 2018 utvida til å gjelde nye køyretøygrupper, som tidligare ikkje var omfatta av ordninga, under dette mopedar, lette og tunge motorsyklar, lastebilar, bubilar og campingvogner. For desse køyretøygruppene vert panten utbetalt som eit tilskot til behandlingsanlegget der eigaren får ein fastsett del av beløpet for å levere køyretøyet til vraking hos ein godkjend biloppsamlar medan ein del av beløpet går til behandlingsanlegget for å dekkje dei kostnadene anlegget har med å miljøsanere vraket. Ordninga vart vedteken av Stortinget under behandlinga av statsbudsjettet 2017. Det har vore naudsynt å utgreie ei rekkje problemstillingar for å få eit godt system på plass, og ordninga vert sett i verk frå 1. januar 2018.

I budsjettet for 2017 vart det vedteke eit ekstra tilskot på 13 000 kroner til varebileigarar som vrakar sin gamle varebil med diesel- eller bensinmotor, og samstundes kjøper ein ny nullutsleppsvarebil. Det har òg vore naudsynt å utgreie ei rekkje problemstillingar, blant anna utvikling av datasystem for å administrere utbetalingane. Systemet kom difor på plass først i slutten av april i 2018. Ettersom regjeringa har oppretta eit Nullutsleppsfond for næringstransport administrert av Enova som støtte for næringslivet sine køyretøy og fartøy, foreslår regjeringa at ordninga under Miljødirektoratet blir avslutta.

I statsbudsjettet for 2017 vart det òg vedteke ei tilskotsordning for å stimulere til innlevering av kasserte fritidsbåtar. Frå 1. oktober 2017 blei det utbetalt tilskot til kasserte fritidsbåtar over denne posten. Det blir utbetalt eit beløp på 1 000 kroner per båt til båteigaren. Samstundes vert det utbetalt eit tilskot til verksemda som handterer båtane. Dette beløpet er eit tilskot per kg båt som blir handtert, og skal dekkje kostnadene med miljøsanering av båten, handtering, gjenvinning av det som er aktuelt å gjenvinne og å levere avfallet frå båten til eit anlegg for avfallsbehandling. I dei tilfella båten blir handtert av eit kommunalt anlegg blir handteringstilskotet betalt ut over post 63.

Kriterium for måloppnåing

Tilskotsordninga skal medverke til auka innlevering av køyretøy og fritidsbåtar som skal vrakast slik at dei kan takast hand om på ein forsvarleg måte.

Tildelingskriterium

Vrakpanten for køyretøy blir utbetalt av Skatteetaten på vegne av Miljødirektoratet mot kvittering for at bilvraket er levert til godkjend biloppsamlingsplass for behandling. Ordinær vrakpant for 2018 er 3 000 kroner. Vrakpant til dei nye køyretøygruppene og tilskot til handteringsanlegg for desse gruppene blir òg utbetalt av Skatteetaten. Tilskot til utskifting av varebilar blir utbetalt av Miljødirektoratet.

Tilskot til båteigar og tilskot til handtering av kasserte fritidsbåtar blir utbetalt av Miljødirektoratet. Tilskot til kommunale anlegg for handtering av fritidsbåtar blir utbetalt frå post 63.

Oppfølging og kontroll

For å sikre at det kasserte køyretøyet har rett til vrakpant eller tilskot blir vrakmeldinga for køyretøy kontrollert mot det sentrale motorvognregisteret. For varebilar og fritidsbåtar blir dokumentasjon frå behandlingsanlegget sjekka av Miljødirektoratet. Kontrollen skjer elles ved kontroll av lager på oppsamlingsplassane og rekneskap med vedlegg.

Rapport 2018

I 2018 vart det samla inn i overkant av 141 200 bilvrak, som er ein liten nedgang frå året før. Talet på vrak svingar frå år til år, men har vore relativt stabilt dei siste åra, frå 149 000 i 2014 til 136 000 i 2016 og 143 000 i 2017. Det var samla inn 1 719 lastebilar i klasse N2, 899 lastebilar i klasse N3, 4 748 mopedar og motorsyklar, 5 779 campingvogner og 262 bubilar i 2018. Ordninga var ikkje verksam i 2017.

Det har vore liten tilgang på elvarebilar i 2018, derfor blei ordninga med eit ekstra tilskot på 13 000 kroner til varebileigarar som vrakar sin gamle varebil med diesel- eller bensinmotor, og samstundes kjøper ein ny nullutsleppsvarebil lite nytta. Frå ordninga ble oppretta i mai 2018 og til august 2019 er det selt 179 elvarebilar støtta av Miljødirektoratet.

Det vart utbetalt tilskot til om lag 9 100 båteigarar i 2018, dvs. om lag 9,1 mill. kroner. Det er ved utgangen av 2018 etablert 44 handteringsanlegg for kasserte fritidsbåtar. Det er utbetalt om lag 16,6 mill. kroner til behandling av kasserte fritidsbåtar. Det var først i 2018 at denne delen av ordninga ble fullt ut verksam. Miljødirektoratet har fått utført ei ekstern evaluering av ordninga. Den konkluderer med at ordninga i det store og heile fungerer i tråd med intensjonane, men peiker på nokre høve til forbetringar. Dei fleste av desse er administrative, og Miljødirektoratet vil vurdere desse. Evalueringa peiker òg på at tilskotsordninga bør utvides til å omfatte aluminiumsbåtar og andre båtar med kjøl og ballast av metall, då metallverdien har vore overvurdert. Departementet er samd i dette, og endringa vert utvida. Kostnaden er neglisjerbar, men det får ordninga til å fungere betre. Evalueringa peiker òg på at mangelen på eit register over fritidsbåtane gjer det vanskeleg å føre kontroll med at det faktisk er båteigar som leverer båten. Det har vore eksempel på misbruk.

Post 76 Refusjonsordningar, overslagsløyving

Posten dekkjer ulike refusjonsordningar retta mot resultatområda Forureining og Klima. Posten er auka med 33,2 mill. kroner.

Til forventa auke i refusjon av avgift på hydrofluorkarbon (HFK) og perfluorkarbon (PFK) er posten i tillegg styrkt med 22,5 mill. kroner i RNB 2019. Auken skuldast anslag om fleire leverte tankar til destruksjon. Samla er det til refusjon av avgift på hyderofluorkarbon (HFK) og perfluorkarbon (PFK) budsjettert med om lag 100 mill. kroner og til refusjonar for spillolje er det budsjettert med om lag 70 mill. kroner i 2020.

Refusjon av smørjeoljeavgifta

Mål

Målet med ordninga er å stimulere til auka innlevering av spillolje til miljøgodkjent behandling. Spillolje er brukt smørjeolje og transformatorolje og er klassifisert som farleg avfall. Smørjeolje er, med unntak av enkelte bruksmåtar, pålagt smørjeoljeavgift, jf. St.prp. nr. 1 (2007–2008) Skatte-, avgifts- og tollvedtak, kap. 5542 post 71.

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er totalt innsamla kvantum av spillolje.

Tildelingskriterium

Det blir utbetalt refusjon for dei fleste typar brukt smørjeolje og andre brukte oljer (transformatoroljer med meir) med tilsvarande eigenskapar, med unntak av blant anna spillolje som kjem frå større skip (større enn 250 fot) i internasjonal sjøfart. Refusjonen blir utbetalt til større mottaksanlegg (tankanlegg) med førehandstilsegn frå Miljødirektoratet. I tilsegna er det fastsett ein del vilkår som refusjonsmottakar har plikt til å rette seg etter. Krav om utbetaling blir kontrollerte opp mot førehandstilsegna.

Refusjonssatsen vert fastsett årleg av Miljødirektoratet med utgangspunkt i nivået på smøre-oljeavgifta.

Oppfølging og kontroll

Miljødirektoratet brukar ein tredjepart til å kvalitetssikre og kontrollera søknadane om refusjon. Miljødirektoratet gjennomfører tilsyn ved nokre refusjonsanlegg kvart år. Ved kontroll av mottaksanlegga dei siste åra, er det konstatert einskilde brot på ordninga for refusjonar. Miljødirektoratet følgjer opp brota ved å nekte refusjonsutbetaling eller krevje tilbakebetaling av feilaktig utbetalte refusjonar. Strengare reaksjonar som tilbaketrekking av tilsegna eller melding til politiet blir òg vurderte i alvorlege tilfelle.

Rapport 2018

Innsamlingsgraden for spillolje (med og utan rett til refusjon) har vore stabil dei siste åra og er berekna til i underkant av 90 pst. I 2018 vart det totalt samla inn i underkant av 25 000 m3 olje som har krav på refusjon, om lag det same som året før. Det vart i 2018 utbetalt om lag 63,2 mill. kroner i refusjon. Refusjonssatsen var på 2,53 kroner pr. liter.

Refusjon av avgift på hydrofluorkarbon (HFK) og perfluorkarbon (PFK)

Mål

Refusjonsordninga er heimla i forskrift 1. juni 2004 nr. 930 om gjenvinning og behandling av avfall (avfallsforskrifta), kapittel 8. Hydrofluorkarbon (HFK) blir i første rekkje nytta i kjøle- og fryseanlegg, varmepumper og mobil luftkondisjonering.

Formålet med ordninga er å redusere utslepp til luft av HFK og PFK. Gassane er klimagassar, og reguleringa av desse er ein del av strategien for å redusere utsleppa av klimagassar i samsvar med Parisavtala. Ordninga med avgift og refusjon skal medverke til meir bruk av miljøvennlege kuldemedium og mindre bruk av dei HFK/PFK-gassane som har høgast klimaverknad (globalt oppvarmingspotensiale), stimulere til produktutvikling, styrkje arbeidet med å hindre lekkasjar og stimulere til innsamling og forsvarleg behandling av brukt gass. Målgruppe for refusjonsordninga er aktørar som har avfallsgass eller kassert utstyr som inneheld HFK- eller PFK-gass.

Tildelingskriterium

Forskrifta inneber at kuldebransjen og andre som leverer HFK og PFK til godkjent destruksjonsanlegg, kan krevje refusjon. Føresetnaden er dokumentasjon som viser kva for mengd og typar av HFK og PFK som er levert og forsvarleg destruert.

Det blir utbetalt refusjon for den mengda HFK og PFK som er levert til godkjent destruksjonsanlegg for destruksjon. Refusjonssatsane vil vere lik dei gjeldande differensierte avgiftssatsane for avgifta på HFK og PFK ved innleveringstidspunktet, jf. Stortingets årlege avgiftsvedtak og forskrift 11. desember 2001 nr. 1451 om særavgifter § 3-18-2.

Oppfølging og kontroll

Miljødirektoratet fører tilsyn med refusjonsordninga, jf. avfallsforskrifta § 17-3. Mengd HFK/PFK som blir samla inn og sendt til destruksjon varierer mykje frå år til år. Grunnen er spesielt at hos den største aktøren som nyttar ordninga blir gassen innsamla på store tankar. Når ein tank er full, blir den sendt til forsvarleg destruksjon. Kvar tank som blir sendt til destruksjon utløyser, med dagens avgiftssats, om lag 14–19 mill. kroner i refusjon, avhengig av samansetjinga av gassane i tanken.

Rapport 2018

I 2018 vart fem tankar med gass leverte til destruksjon med eit samla refusjonsbeløp på om lag 79,1 mill. kroner. Utbetaling av refusjonar har auka betydeleg dei siste åra fordi avgiftssatsen har auka og som eit resultat av at meir gass, særlig av dei med høg avgiftssats, har blitt samla inn og destruert

Innhaldet i tankane er i all hovudsak ulike blandingar av HFK-gassar, då PFK-gassar er svært lite brukte i Noreg. Ressursbruken under ordninga var i 2018 retta mot dei nasjonale måla under resultatområde Klima.

Post 77 Ymse organisasjonar og stiftelsar m.m.

Posten er tredelt, jf. omtale under. Midlane er retta mot resultatområda Naturmangfald, Friluftsliv, Forureining og Klima. Til ordninga for frivillige miljøorganisasjonar og allmennyttige stiftelsar innanfor forureiningsområdet er det sett av 5,1 mill. kroner, til ordninga for miljømerking, miljøvennleg forbruk og forbrukarinformasjon er det sett av 3,8 mill. kroner og til ordninga for naturfaglege organisasjonar er det lagt inn 6,5 mill. kroner.

Frivillige miljøorganisasjonar og allmennyttige stiftelsar innanfor forureiningsområdet

Mål

Tilskotsordninga skal medverke til å halde oppe eit utval av demokratisk oppbygde, landsomfattande organisasjonar med arbeid mot forureining som formål, for å sikre frivillig engasjement og styrkje medverknaden i miljøspørsmål lokalt, regionalt og nasjonalt, basert på fagleg innsikt.

Målet er òg å påverke produksjons- og forbruksmønsteret ved å byggje opp og formidle kompetanse om miljøvennleg produksjon og forbruk, og stimulere til berekraftig praksis i næringsliv, hushald og offentleg verksemd.

Tildelingskriterium

Storleiken på driftstilskota blir fastsett blant anna ut frå ei vurdering av organisasjonane sitt aktivitetsnivå nasjonalt og lokalt, økonomien deira og alternative høve til finansiering, saman med medlemstalet i organisasjonane.

Ordninga omfattar tilskot til:

  • Norsk vassforeining

  • Norsk foreining mot støy

  • Tilskot til LOOP

  • Foreininga Hald Noreg Reint

  • Folkeaksjonen oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja

Det er i 2020 rekna med tilskot til dei nemnde tilskotsmottakarane på same nivå som i 2018. Det er ein føresetnad at organisasjonane og stiftelsane sender inn søknad om tilskot. Det blir fortløpande vurdert om organisasjonane og stiftelsane tilfredsstiller kriteria for å ta imot støtte.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarar bli følgde opp i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Oppfølging og kontroll går føre seg ved generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapporteringar.

Rapport 2018

Midlane er brukte til grunnstøtte til drift, opplæringstiltak og informasjonstiltak og førebyggjande arbeid generelt i dei ulike organisasjonane.

Miljømerking, miljøvennleg forbruk og forbrukarinformasjon

Mål

Standardar for miljøleiing, produkt og tenester og miljømerking er viktige verktøy i ein førebyggjande miljøpolitikk. Standardisering inneber utarbeiding av krav og spesifikasjonar for varer, tenester, prosessar og verksemder. Miljømerking skal gi informasjon til og bevisstgjering av forbrukarar, næringsliv og offentlege verksemder om miljøvennlege val. Dei offisielle miljømerkeordningane som Svana og Blomen er eit viktig supplement til lovpålagte krav, og bidrar til redusert bruk av prioritetslistestoff. Merkeordningane er nærare omtalte i Barne- og likestillingsdepartementets budsjettproposisjon. Posten omfattar driftstilskot til Stiftelsen Miljømerking og Standard Noreg. Tilskot til Omatt – Bransjeforeningen for ideelle Gjenbruksaktører, videreførast.

Kriterium for måloppnåing

Klima- og miljødepartementet føreset at midlane blir nytta til å intensivere arbeidet med verkemiddel som fremjar prioriterte miljø- og berekraftsmål. Innan standardiseringsarbeidet er det viktig med arbeid knytt til europeiske og internasjonale standardar som er særleg relevante for miljøleiing og klima- og miljøomsyn i produkt og tenester. For miljømerking er det sentralt med utvikling av miljøkriterium slik at fleire produktgrupper blir merkte. Det skal særleg leggjast vekt på å utvikle og vidareutvikle kriteriesett for produktgrupper som medfører stor miljøbelastning. Det skal òg fokuserast på tiltak for å få fleire produsentar til å søkje om merket innanfor dei områda der det er utvikla kriterium og til å gi forbrukarar informasjon om spekteret av miljømerkte produkt på marknaden.

Tildelingskriterium

Tildeling av midlar er basert på organisasjonane sine resultat frå føregåande år og ein konkret søknad om midlar for kommande periode, sett opp mot prioriterte nasjonale miljø- og berekraftsmål.

Oppfølging og kontroll

Drifts- og prosjekttilskota blir følgde opp gjennom krav som blir fastsette i kvart enkelt tilsegnsbrev. Det blir motteke årsrapport og/eller rekneskapsoversikt for alle tilsegner, i tillegg til at det er fagleg kontakt med dei enkelte tilskotsmottakarane.

Rapport 2018

Midlane til Stiftelsen Miljømerking er brukte til å auke kunnskapen om, kjennskapen til og aksepten av miljømerkinga si betydning.

Midlane til Standard Noreg er brukt til arbeid knytt til europeiske og internasjonale standardar som er særleg relevante for miljøleiing og klima- og miljøomsyn i produkt og tenester.

Naturfaglege organisasjonar

Mål

Ordninga skal medverke til å halde oppe eit utval av demokratisk oppbygde, landsomfattande organisasjonar innanfor naturområdet for å sikre frivillig engasjement og styrkje medverknaden i miljøspørsmål lokalt, regionalt og nasjonalt, basert på fagleg innsikt.

Tildelingskriterium

Storleiken på driftstilskota blir fastsett mellom anna ut frå ei vurdering av organisasjonane sitt aktivitetsnivå nasjonalt og lokalt, økonomien deira og alternative høve til finansiering, saman med medlemstalet i organisasjonane.

Det er rekna med tilskot til:

  • Foreininga Våre Rovdyr

  • Norsk Biologforeining

  • Norsk Botanisk Foreining

  • Norsk Entomologisk Foreining

  • Norsk Ornitologisk Foreining

  • Noregs Sopp- og nyttevekstforbund

  • Norsk Zoologisk Foreining

For 2020 er det rekna med tilskot til dei nemnde tilskotsmottakarane på same nivå som for 2019.

Tilskot til den einskilde organisasjonen blir utbetalt etter søknad.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarar blir følgt opp i forhold til at midlane blir nytta som føresett, og at tiltak blir gjennomførte. Oppfølging og kontroll går føre seg ved generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapporteringar. I tillegg kjem fagleg kontakt med dei enkelte tilskotsmottakarane.

Rapport 2018

Midlane vart nytta til grunnstøtte til drift, informasjonsverksemd og prosjekt i dei ulike organisasjonane.

Post 78 Friluftslivsformål, kan overførast

Posten er retta mot resultatområde Friluftsliv.

Posten er samla sett auka med 4 mill. kroner. Det er behov for ei tilsegnsfullmakt på 3 mill. kroner til anskaffingar i samband med kjøp og reparasjonar av båtar i Skjergardstenesta, jf. forslag til vedtak VI.

Til posten ligg fleire tilskotsordningar som er omtala under.

Friluftslivsaktivitet

Tilskot til friluftslivsaktivitet har ei ramme på 51,5 mill. kroner.

Mål

Målet med ordninga er å medverke til auka deltaking i helsefremjande, trivselsskapande og miljøvennleg friluftsliv for alle grupper i befolkninga.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåinga vil bli dokumentert gjennom resultatindikatorane på resultatområde Friluftsliv. Måloppnåinga blir òg vurdert ut frå oppnådde resultat og omfanget av aktivitetsfremjande tiltak i regi av friluftsorganisasjonane.

Tildelingskriterium

Det blir primært gitt tilskot til friluftslivstiltak som stimulerer til direkte friluftslivsaktivitet. Det kan òg bli gitt støtte til enkelt materiell og utstyr når dette medverkar til å fremje den friluftslivsaktiviteten det blir søkt om tilskot til. Det blir ikkje gitt midlar til kostnadskrevjande utstyr, utstyrssentralar eller til supplering av utstyrslager. Følgjande type aktivitetar blir prioriterte:

  • Aktivitetar som er lite ressurskrevjande og lett tilgjengelege for ulike brukargrupper.

  • Tiltak som blir gjennomførte i nærmiljøet med særleg vekt på byar og tettstader.

  • Tiltak som inkluderer ein plan for marknadsføring av tiltaket overfor aktuelle målgrupper.

  • Tiltak som medverkar til auka deltaking over tid.

Personar som er lite fysisk aktive, barn, unge og barnefamiliar og personar med nedsett funksjonsevne er prioriterte.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakar blir følgt opp i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.

Rapport 2018

Totalt vart det i 2018 gitt 52,5 mill. kroner i tilskot til lag og organisasjonar som arbeider med aktivitetsfremjande tiltak for friluftsliv. Av dette fekk landsomfattande friluftslivsorganisasjonar 26,25 mill. kroner direkte frå Miljødirektoratet, mens lokale og regionale lag og organisasjonar fekk 26,25 mill. kroner frå fylkeskommunane. Totalt kom det inn 865 søknader om statleg støtte frå posten, og det totale søknadsbeløpet var på 110 mill. kroner.

Midlane er i all hovudsak brukte til å støtte tiltak for barn, unge og barnefamiliar, tiltak som stimulerer nye grupper til deltaking i friluftslivsaktivitetar, til dømes personar med nedsett funksjonsevne og etniske minoritetar i Noreg, og tiltak som medverkar til å utvikle samarbeidet mellom friluftsliv og kulturminne. Døme på tiltak som fekk tilskot frå Miljødirektoratet er Friluftsrådas Landsforbund sine prosjekt «Læring i friluft» og «Friluftsliv og folkehelse – tiltak for lite aktive», og Norsk Friluftsliv sitt prosjekt «Friluftslivets veke». Det er òg gitt tilskot til Noregs sopp- og nyttevekstforbund til «Soppens dag», til Norsk Botanisk foreining sitt arrangement «Villblomstens dag», til Noregs Naturvernforbund sitt prosjekt «Opplev naturen – livsgrunnlaget vårt» og til Noregs Bedriftsidrettsforbund sitt aktivitetstilbod «Ti på Topp».

Friluftslivsaktivitet for personar med innvandrarbakgrunn

Ordninga har ei ramme på 10 mill. kroner.

Mål

Målet med ordninga er å medverke til auka deltaking i helsefremjande, trivselsskapande og miljøvennleg friluftsliv for personar med innvandrarbakgrunn, og gjennom dette medverke til å auke integreringa av personar med innvandrarbakgrunn i befolkninga elles.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåinga vil bli dokumentert gjennom resultatindikatorane på resultatområde Friluftsliv. Måloppnåinga blir òg vurdert ut frå oppnådde resultat og omfanget av aktivitetsfremjande tiltak i regi av friluftsorganisasjonane.

Tildelingskriterium

Det blir primært gitt tilskot til friluftslivstiltak som stimulerer til direkte friluftslivsaktivitet. Det kan òg bli gitt støtte til enkelt utstyr og materiell når dette medverkar til å fremje den friluftslivsaktiviteten det blir søkt om tilskot til. Det blir ikkje gitt midlar til kostnadskrevjande utstyr, utstyrssentralar eller til supplering av utstyrslager.

Følgjande type aktivitetar blir prioriterte:

  • Tiltak som er lite ressurskrevjande og lett tilgjengelege.

  • Tiltak som fører til auka integrering av personar med innvandrarbakgrunn i befolkninga elles.

  • Tiltak som blir gjennomførte i nærmiljøet med særleg vekt på byar og tettstader.

  • Tiltak som inkluderer ein plan for marknadsføring av tiltaket overfor aktuell målgruppe.

  • Tiltak som medverkar til auka deltaking over tid.

Barn, unge og barnefamiliar er prioriterte i ordninga.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakar blir følgt opp med tanke på at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar. Det vart gjennomført ei ekstern evaluering av ordninga i 2018. Resultatet var i hovudsak positivt. Miljødirektoratet har gjennomført nokre endringar og justeringar som følgje av evalueringa.

Rapport 2018

Ordninga hadde ei ramme på 10 mill. kroner i 2018. Totalt var det 24 søkjarar som til saman søkte om 19,6 mill. kroner. 17 lag og organisasjonar vart til saman tildelte tilskot.

Tiltaka omfatta tilbod om turar og aktivitetar, men òg inkluderingstiltak og opplæring av personar med innvandrarbakgrunn til å bli leiarar i lag og organisasjonar. Leiarar med innvandrarbakgrunn er viktige for vidare rekruttering av personar med innvandrarbakgrunn.

Døme på tiltak er Wild X sitt ungdomsprosjekt «Wild X aktivitetsprogram» med opplæring og tilbod om turar knytte til jakt, fiske og anna friluftsliv, Friluftsrådas Landsforbund sitt prosjekt «Friluftsliv for innvandrarar», Norsk Friluftsliv sitt prosjekt «Kulturelt mangfald og integrering i friluftslivet», Den norske Turistforeining sitt prosjekt «Inkludering i DNT», Raudekrossen sitt prosjekt «Til topps nasjonalt og lokalt» og Skiforeininga sitt tiltak «Friluftsglede for alle».

Driftsstøtte til friluftslivsorganisasjonar

Ordninga har ei ramme på 35,62 mill. kroner.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å styrkje allmenta sine interesser for deltaking i friluftsliv gjennom det arbeidet som skjer gjennom dei store friluftslivsorganisasjonane og deira lokale lag og foreiningar.

Friluftsrådas Landsforbund (FL) er paraplyorganisasjonen for dei interkommunale friluftsråda. (Det er 29 interkommunale friluftsråd, der 28 er tilslutta FL). Det er sett av 15,55 mill. kroner i administrasjonsstøtte til FL og dei interkommunale friluftsråda. Det er eit mål at flest mogleg kommunar er med i eit interkommunalt friluftsråd.

Norsk Friluftsliv er paraplyorganisasjon for 17 friluftslivsorganisasjonar med til saman over 950 000 medlemmar. Det er sett av 5,07 mill. kroner i administrasjonsstøtte til Norsk Friluftsliv.

FL, Norsk Friluftsliv og Samarbeidsrådet for naturvern (SRN) har etablert fylkesvise samarbeidsnettverk for natur og friluftsliv (FNF – Forum for natur og friluftsliv). Til FNF er det sett av 12 mill. kroner i administrasjonsstøtte.

Organisasjonen Wild X tilbyr friluftslivsaktivitetar med personar med innvandrarbakgrunn i alderen 12–25 som hovudmålgruppe. Det er sett av 1,5 mill. kroner i administrasjonsstøtte til Wild X.

Tjukkasgjengen driv med lågterskel tilbod innanfor friluftsliv og fysisk aktivitet, der personar som er lite fysisk aktive er hovudmålgruppa. Det er sett av 1,5 mill. kroner i administrasjonsstøtte til Tjukkasgjengen.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåinga vil bli dokumentert gjennom resultatindikatorane på resultatområde Friluftsliv.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakar blir følgd opp ved at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar, og gjennom eit årleg kontaktmøte med kvar organisasjon.

Rapportering i forhold til bruk av tilskotsmidlar blir tekne opp i årlege kontaktmøte med FL, friluftsråd som ikkje er knytt til FL, Norsk Friluftsliv, FNF, Wild X og Tjukkasgjengen.

Rapport 2018

Totalt vart det i 2018 tildelt 14,55 mill. kroner til FL og interkommunale friluftsråd. Midlane er nytta til drift, til å styrkje arbeidet i FL og til å utvide FLs engasjement geografisk. Det er stor interesse for interkommunalt samarbeid om friluftsråd, og i 2018 var det 29 interkommunale friluftsråd med over 250 medlemskommunar. Friluftsråda femner slik vel 75 pst. av befolkninga i heile landet.

Det blei i 2018 inngått avtale med grunneigarar om 43 km med nye turstigar, skiløyper og turvegar, og friluftsråda har saman med medlemskommunane arbeidd med sikring av 13 nye friluftsområde. Det er tilrettelagt 38 km med nye turstigar, og friluftsråda har vore pådrivarar og koordinatorar i arbeid med å skilte og merke ytterlegare 483 km.

Friluftsråda har hatt opne turar med 21 500 deltakarar, tiltak for barn og ungdom med 15 800 deltakarar og tiltak for personar med minoritetsbakgrunn med 11 500 deltakarar. I tillegg har mange vore med på turar der friluftsråda har vore medarrangørar. Friluftsråda har framleis stor innsats retta mot friluftsliv og bruk av naturen i læringsarbeidet i barnehage og skule, og engasjerer seg i arbeidet med å ta vare på arealgrunnlaget for friluftsliv gjennom verdikartlegging av friluftsområde, deltaking i dei fylkesvise Forum for natur og friluftsliv og gjennom uttale i ulike arealsaker.

Friluftsråda forvaltar 566 offentleg eigde friluftsområde med omfattande oppgåver knytte til m.a. skjøtsel, vask av toalett og bosshandtering, og forvaltar over 2 600 km turstiar, 155 km turvegar og 336 km skiløyper.

Norsk Friluftsliv vart tildelt 4,57 mill. kroner i administrasjonsstøtte. Norsk Friluftsliv får dessutan aktivitets- og prosjektmidlar frå Miljødirektoratet for vidare tildeling til sentralledda i Norsk Friluftsliv sine medlemsorganisasjonar. Arbeidet omfattar i stor grad påverknads- og informasjonsarbeid overfor offentlege styresmakter og andre organisasjonar, med sikte på å skape best mogleg vilkår for friluftslivet.

Forum for Natur og friluftsliv (FNF) vart i 2018 tildelt 11 mill. kroner i administrasjonsstøtte via sekretariatet med sentral leiing av organisasjonen. Arbeidsgivaransvaret er no plassert sentralt for alle tilsette. Alle fylke har ein eigen FNF-koordinator, og litt over halvparten av fylka har koordinatorar i 80–100 pst. stilling. FNF-koordinatorane gjer eit betydeleg og viktig arbeid for natur- og friluftsinteressene i dei enkelte fylka.

Wild X fekk i 2018 utbetalt 1,4 mill. kroner i driftsstøtte. Organisasjonen er under stadig utvikling, med blant anna oppretting av lokallag i fleire fylke.

Tjukkasgjengen fekk i 2018 utbetalt 1,5 mill. kroner i driftsstøtte. Organisasjonen arbeider særleg med å støtte lokale «Chapter».

Tiltak i statleg sikra friluftslivsområde

Ordninga har ei ramme på 34 mill. kroner.

Mål

Målet med ordninga er å medverke til naturvennleg fysisk tilrettelegging og skjøtsel i statleg sikra friluftslivsområde og i område verna som friluftsområde etter markalova, slik at områda blir tilgjengelege og attraktive.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåinga vil bli dokumentert gjennom resultatindikatorane på resultatområde Friluftsliv.

Måloppnåinga blir òg vurdert ut frå oppnådde resultat i kommunane med opparbeiding og skjøtsel av statleg sikra friluftsområde.

Tildelingskriterium

Det blir tildelt tilskot til tilrettelegging som har eitt eller fleire av følgjande mål:

  • Minske dei fysiske hindringane for friluftsliv og leggje til rette for auka friluftslivsaktivitet for alle.

  • Ta vare på kvalitetane for oppleving i området og leggje til rette for gode naturopplevingar.

  • Hindre at friluftsliv fører til unødige naturinngrep, slitasje og forstyrring av plante- og dyrelivet, kulturminne og kulturmiljø.

Tilskot kan berre bli gitt der tiltaket inngår i ein gjeldande og godkjent forvaltingsplan knytt til tilrettelegging av statleg sikra friluftslivsområde. For område verna som friluftslivsområde etter markalova er det eit vilkår at tiltaka er i tråd med verneforskrift og eventuell forvaltingsplan for området.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakar blir følgt opp med tanke på at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.

Rapport 2018

Budsjett for 2018 var 44 mill. kroner, som vart tildelt fylkeskommunane for vidare tildeling til kommunar og interkommunale friluftsråd. Fordelinga vart utført på grunnlag av omfanget av statleg sikra friluftslivsområde, og om det låg føre forvaltingsplanar for friluftslivsområda som dokumenterer behov for tiltaksmidlar. I gjennomsnitt vart fylka i 2018 tildelte 2,32 mill. kroner. Eit fylke blei tildelt 6,2 mill. kroner, mens det fylket som fekk minst blei tildelt 250 000 kroner. I alt fekk 8 fylke tildelt meir enn 3 mill. kroner.

Totalt mottok fylkeskommunane 276 søknader frå kommunar og interkommunale friluftsråd, og totalt søknadsbeløp var 79,3 mill. kroner. Tiltaka var totalt kostnadsberekna til 145 mill. kroner, noko som viser at mange søkjarar medverkar sjølve med eigne midlar og dugnadsinnsats. Det vart i 2018 gitt statleg støtte til 236 tiltak. Ein stor del av tiltaka omfatta universell tilrettelegging slik at fleire grupper av befolkninga får høve til å nytte områda. Dei fleste tilretteleggingstiltaka stimulerer til aktivitet, som til dømes etablering og merking av turvegar og stigar.

Eksempel på tiltak som fekk statleg støtte i Østfold fylke i 2018 er oppgraderingar i Sandvika friluftslivsområde i Sarpsborg kommune, og nytt toalett i Suteren/Røsæggstranda friluftslivsområde i Rakkestad kommune.

I Akershus fekk Nesodden kommune støtte til tiltak i Steilene friluftslivsområde, og Bærum kommune fekk midlar til toalett på Rolfstangen. I Oslo fekk Bymiljøetaten støtte til skjøtselstiltak i tre ulike friluftslivsområde. I Hedmark fekk Ringsaker kommune midlar til Mjøsparken friluftslivsområde, og i Oppland fekk Søndre Land kommune støtte til utbetringstiltak i Ilodden friluftslivsområde. I Buskerud fylke fekk Øvre Eiker kommune støtte til ei bru og tilkomst til Nedre Sandøra, og Hemsedal kommune fekk støtte til ny bru over Hemsil og til Bruøyne friluftslivsområde. I Vestfold fylke er det gitt tilskot til fleire padlelei-tiltak. Færder kommune har fått midlar til fleire tiltak i Skogro friluftslivsområde, og Larvik kommune har fått støtte til toalett og ymse tiltak på Ølbergholmen. I Telemark har Drangedal kommune fått midlar til toalett og andre tiltak i Neslevann friluftslivsområde. I Aust-Agder fekk Slåttholmen i Lillesand støtte til tilrettelegging og skjøtsel, Risør kommune midlar til Karolina friluftslivsområde og Vegårdshei kommune midlar til bade- og fiskeplass i Vaskarplassen friluftslivsområde. I Vest-Agder fylke fekk Kristiansand kommune store tilskot til ymse tiltak i friluftslivsområda Hamresanden og Fidjekilen, og Farsund kommune midlar til rasteplass i Fuglevika friluftslivsområde. I Rogaland fekk Ryfylke Friluftsråd midlar til ymse skjøtselstiltak på Rossøy og Laadervik, og Sandnes kommune fekk midlar til erosjonstiltak og restaurering av stigar i området Dalsnuten-Revholen. I Hordaland fekk særleg Bergen og Omland Friluftsråd støtte til fleire formål, mellom anna nytt toalett i Helleneset friluftslivsområde, ei oppgradering av ein badepoll i Sandholna og til turveg og kai til Geitvika friluftslivsområde. I Sogn og Fjordane fekk Vågsøy kommune midlar til skjøtsel og ymse tiltak i Moldøen friluftslivsområde. I Møre og Romsdal fekk mellom anna Sunnmøre friluftsråd midlar til ny bru og ymse tiltak ved Skjelkaelva og Kristiansund kommune fekk tilskot til tiltak i Kolvika friluftslivsområde. I Trøndelag fekk Ørland kommune midlar til tiltak på Bruholmen friluftsområde, og Stjørdal kommune støtte til tiltak i Storvika friluftsområde. Nordland fylkeskommune løyvde midlar til tiltak i Stia friluftslivsområde i Meløy kommune, til ny kai på Bjørnøy fyr og eit stort tilskot til Vestvågøy kommune til omfattande tiltak i Klokkarvika friluftslivsområde. I Troms fylke fekk Midt-Troms friluftsråd støtte til utvikling av Ersfjordstranda friluftslivsområde. I Finnmark fylke fekk Hammerfest kommune tilskot til tiltak i Storvannet friluftslivsområde.

Skjergardstenesta

Ordninga har ei ramme på 35 mill. kroner.

Mål

Ordninga gir statlege budsjettmidlar til drift av skjergardstenesta, under dette kjøp og større reparasjonar av båtar knytte til tenesta og Skjergardstenesta sitt arbeid med tiltak mot marin forsøpling.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåinga vil bli dokumentert gjennom resultatindikatorane på resultatområde Friluftsliv.

Måloppnåinga blir òg blant anna vurdert ut frå talet friluftslivsområde som er drifta i dei enkelte driftsområda, kor mange dagsverk dei enkelte driftsområda har brukt til fjerning av marin forsøpling og talet dagar dei enkelte driftsområda har brukt til bistand til Statens naturoppsyn.

Tildelingskriterium

Under framgår fordelinga til dei ulike driftsområda i 2020. Midlane blir fordelte til fylkeskommunane i dei aktuelle nye regionane.

Miljødirektoratet kan i samband med overføring konkretisere vilkår og føresetnader knytte til dei statlege driftstilskota.

Tabell 7.3 Fordeling til driftsområde i skjergardstenesta

Driftsområde som midlane blir fordelt til

(i 1 000 kr)

Ytre Oslofjord Øst (Viken fylkeskommune)

2 955

Indre Oslofjord (Viken fylkeskommune)

3 055

Ytre Oslofjord Vest (Vestfold og Telemark fylkeskommune)

3 190

Telemark (Vestfold og Telemark fylkeskommune)

3 240

Aust-Agder (Agder fylkeskommune)

3 120

Vest-Agder (Agder fylkeskommune)

3 990

Vestkystparken (Vestland fylkeskommune)

4 160

Møre og Romsdal (Møre og Romsdal fylkeskommune)

1 350

Sum

25 060

I 2017 blei det øyremerkt 5 mill. kroner til utviding av skjergardstenesta med nye einingar nord for dagens verkeområde. I 2018 vart det oppretta eit nytt driftsområde i Møre og Romsdal, der midlane i 2018 og 2019 blei fordelte direkte frå Miljødirektoratet. Frå og med 2020 inngår tildelinga til dette driftsområdet i ordinær tildeling til driftsområda. Det er førebels ikkje etablert andre nye einingar, slik at dei resterende midlane som er øyremerkte til dette vil bli fordelte seinare.

Vidare er 5 mill. kroner av løyvinga øyremerkt til arbeidet med fjerning av marint søppel. Midlane til dette vert fordelte til dei einingane i Skjergardstenesta som melder inn planar og ønskje om å få øyremerkte midlar til fjerning av marint søppel. Tildelinga vert samordna med dei ordinære tilskotsmidlane til tiltak mot marin forsøpling.

Andre midlar på posten er øyremerkte båtinvesteringar og diverse kurs, opplæring mv.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakar blir følgt opp i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.

Rapportering i forhold til bruk av tilskotsmidlar blir òg tekne opp i møte mellom Miljødirektoratet/fylkesmannen og skjergardstenesta i dei tre regionområda, og skal rapporterast i samband med søknader om tilskot kommande år.

Rapport 2018

Skjergardstenesta oppnådde i 2018 gode resultat i alle driftseiningar. Det vart teke i bruk to nye arbeidsbåtar i Kragerø kommune og i Lillesand kommune. Som ei oppfølging av evalueringa av Skjergardtenesta vart det i 2018 gjennomført ytterlegare tiltak for å utvikle skjergardstenesta vidare. Mellom anna er det gjennomført fleire tiltak på kompetansesida, tiltak for oppfølging av nye forskrifter for bygging av mindre lasteskip, og tiltak for å styrkje styrings- og rapporteringsrutinane.

Andre friluftslivstilskot

Det er sett av 6 mill. kroner til Miljødirektoratets ferdselsåreprosjekt, som har som mål å fremje planlegging, opparbeiding, skilting og merking av samanhengande nettverk av ferdselsårer for friluftsliv i kommunane. Ei prioritert oppgåve i 2020 vil vere å medverke til at kommunane utarbeider ein plan for friluftslivets ferdselsårer.

Det er sett av 1,2 mill. kroner til Norsk Friluftsliv sitt prosjekt «Integrering gjennom friluftsliv». Midlane skal gå til løn, administrative utgifter og tiltak.

Det er sett av 1,2 mill. kroner til prosjektet «Friluftsliv for personar med funksjonsnedsetting» i regi av Den Norske Turistforeining. Midlane skal gå til løn, administrative utgifter og tiltak.

Det er sett av 5 mill. kroner til utvikling av blågrøn infrastruktur i områdesatsingane i Oslo. Dette omfattar Groruddalssatsinga, områdesatsing i Oslo Sør og områdesatsing i Oslo Indre Aust. Områdesatsingane er eit samarbeid mellom Oslo kommune og staten.

Det er sett av 1,0 mill. kroner til Skiforeininga sitt prosjekt «Norske Skispor», som formidlar kompetanse nasjonalt til alle aktuelle aktørar innafor etablering av skiløyper, med vekt på etablering av skispor under krevjande snøforhold, som for eksempel lite snø. Midlane skal gå til løn, administrative utgifter og tiltak.

Det er sett av 2,2 mill. kroner til Norsk Friluftsliv sitt prosjekt med mål om å fremje friluftsliv i skulen. Prosjektet omfattar blant anna drift og vidareutvikling av «Forum for friluftsliv i skolen». 1,0 mill. kroner av løyvinga er øyremerkt oppfølging av det igangsette prosjektet med mål å vidareutvikle eit utval eksisterande, suksessrike satsingar innafor natur/friluftsliv retta mot barn og unge i pedagogiske institusjonar som barnehage, skulefritidsordning og skule. Midlane skal gå til løn, administrative utgifter og tiltak.

Det er sett av 1,17 mill. kroner til Den Norske Turistforeining, for å drifte og vidareutvikle prosjektet «Historiske Vandreruter.» «Historiske Vandreruter» har som mål å auke bruken av gamle ferdselsruter med kulturhistoriske og friluftslivsmessige kvalitetar. Midlane skal gå til løn, administrative utgifter og tiltak.

Sjå under kap 1400 post 76 for omtale av Friluftsrådas Landsforbund sitt prosjekt om vidareutvikling av aktivitetstiltak innanfor friluftsliv for barn og unge i ferie og fritid.

Rapport 2018

Godt tilgjenge til attraktive friluftslivsområde føreset at kommunane har kjennskap til kvar dei viktigaste friluftslivsområda er. Prosjektet kartlegging og verdsetjing av friluftslivsområde vart sett i gang i 2014, og skal medverke til slik kjennskap. Fylkeskommunane har ei sentral rolle i prosjektet, og skal mellom anna setje i gang og gjennomføre regionale prosjekt for å stimulere kommunane til kartlegging og verdsetjing av friluftslivsområde etter Miljødirektoratet sin rettleiar M-98 2013: «Kartlegging og verdsetting av friluftslivsområder». Prosjektet er i rute, og i 2018 blei det fordelt 46,4 mill. kroner i tilskot til fylkeskommunane. Ved utgangen av 2018 var alle fylke involverte i arbeidet. 191 kommunar hadde ferdigstilt sitt arbeid og167 kommunar var godt i gang med arbeidet.

Miljødirektoratet har delteke på møte i programstyre nærmiljø i Groruddalsatsinga, og har utbetalt prosjektmidlane for dette prosjektet til Oslo kommune. Det er rapportert for tildelte midlar gjennom den samla rapporteringa for programstyret sitt arbeid.

Midlar løyvd til dei tre prosjekta i regi av Norsk Friluftsliv (2 prosjekt) og Den Norske Turistforeining er stilt til disposisjon for dei to organisasjonane, og dei har rapportert til Miljødirektoratet.

Post 79 Oppryddingstiltak, kan overførast, kan nyttast under postane 39 og 69

Utgiftene på posten må sjåast i samanheng med midlar til same føremål under postane 39 og 69. Midlane er retta mot resultatområde Forureining. I dei fleste områda som får støtte stammar forureininga frå langt tilbake i tid, og det er vanskeleg å finne den ansvarlege forureinaren. Midlane som staten løyver over dei tre postane 39, 69 og 79 er derfor naudsynte for at oppryddinga av forureiningane skal bli gjennomført.

Mål

Posten skal nyttast til å dekkje utgifter som kommunale og interkommunale selskap/verksemder, private verksemder og privatpersonar har til å undersøkje og til å gjennomføre oppryddingstiltak i grunn på land og i botn i sjø og vatn som er forureina med helse- og miljøskadelege stoff.

Kriterium for måloppnåing

Både for forureina sjøbotn og forureina grunn er bruk av midlane knytt opp mot det nasjonale målet «Forureining skal ikkje skade helse og miljø» og til målet «Utslepp av helse- og miljøfarlege stoff skal stansas».

Tildelingskriterium

Posten skal nyttast til delfinansiering av oppryddingsprosjekt. Prinsippet om at forureinar betaler ligg til grunn ved vurdering av om det skal givast tilskot. Sjå òg omtale under kap. 1420 postane 39 og 69.

Oppfølging og kontroll

Kontroll av bruk av midlar skjer mellom anna gjennom dokumentasjon av framdrift og sluttrapport innsendt av tilskotsmottakar.

Rapport 2018

Det blir her rapportert samla for oppryddingsarbeidet finansiert frå postane 39, 69 og 79.

Arbeidet med opprydding i forureina sjøbotn går framover. Fram til no er undersøkingar gjennomførte i dei fleste av dei prioriterte områda, og i fleire av områda har dei viktigaste oppryddingstiltaka starta eller blitt gjennomførte. Av dei viktigaste gjennomførte tiltaka i 2018 var ferdigstilling av arbeidet med å rydde opp sjøbotnen i Puddefjorden i Bergen, Sandefjordsfjorden og Farsund i Lister. Arbeidet held òg fram for opprydding i forureina grunn der det er behov, blant anna arbeid i samband med nedlagte Killingdal gruve, forbetringar på grunnforureiningsdatabasen, revideringa av rettleiar om forureina grunn og undersøkingar av forureining med perfluorerte stoff i Tyrifjorden.

Post 81 Naturarv og kulturlandskap, kan overførast, kan nyttast under post 21

Midlane under posten er retta mot resultatområde Naturmangfald og Friluftsliv.

Desse sju ordningane får tilskot frå posten: Forvaltingstiltak i verdsarvområde (11,5 mill. kroner), tiltak i utvalde kulturlandskap i jordbruket (21,8 mill. kroner), tiltak i kulturlandskapsområde registrert som verdifulle kulturlandskap (1,1 mill. kroner), tiltak for ville pollinerande insekt (3 mill. kroner), verdiskaping basert på naturarven (9 mill. kroner), Villreinfjella som verdiskapar (8 mill. kroner) og Nasjonale turiststigar (12 mill. kroner).

Posten er samla sett redusert med 0,7 mill. kroner.

Forvaltingstiltak i verdsarvområde

Mål

Målet med tilskot til forvaltingstiltak i norske verdsarvområde med viktige naturverdiar er å sikre ei berekraftig forvalting av norske verdsarvområde.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåing blir vurdert ut frå om forvaltinga er i tråd med kriteria for tildeling av verdsarvstatus og områda sine forvaltingsplanar.

Tildelingskriterium

Dei aktuelle verdsarvområda er Vegaøyan som vart innskrive på UNESCO si verdsarvliste i 2004, og Vestnorsk fjordlandskap med Geirangerfjorden og Nærøyfjorden som vart ført på lista i 2005. Mottakarar er stiftelsane Vegaøyan Verdsarv, Geirangerfjorden Verdsarv og Nærøyfjorden Verdsarvpark. Posten dekkjer òg tilskot til Foreininga Noregs verdsarv til gjennomføring av arrangementet Verdsarvforum.

Midlane må sjåast i samanheng med midlar til verdsarvområda i Noreg under kap. 1429 post 79 Tilskot til Verdsarven.

Oppfølging og kontroll

Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at mottakarane av tilskot blir følgde opp av Miljødirektoratet i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.

Rapport 2018

Oppfølging av norske verdsarvområde med naturverdiar er organisert gjennom ideelle stiftingar på staden som tar imot tilskot til drift og gjennomføring av forvaltingstiltak innanfor rammer sett i forvaltingsplanar og retningslinjer for oppfølging av verdsarvkonvensjonen. Midlane har i 2018 medverka til gjennomføring av tiltak og satsingar på ulike tema for verdsarvforvalting i verdsarvområda Vegaøyan og Vestnorsk fjordlandskap. Desse omfattar blant anna forvaltingsplanlegging, strategiarbeid, nettverksbygging, lokal involvering og organisering av samarbeid. Det er fokus på samarbeid og medfinansiering med andre aktørar i gjennomføring av tiltak. Forpliktingane knytte til formidling og informasjon om kultur- og naturverdiar er tekne hand om og utvikla vidare gjennom tiltak retta mot barn, unge og besøkande. Initiativ med målsetjing å utvikle betre besøkshandtering, redusert forureining og miljøsertifisering er sette i gang eller førte vidare.

Tiltak i utvalde kulturlandskap i jordbruket

Frå 2018 omfattar ordninga berre midlar til oppfølging av den frivillige ordninga Utvalde kulturlandskap i jordbruket. Talet på område i ordninga skal jamfør plan auke frå 41 ved utgangen av 2018 til 46 i løpet av 2020 innanfor gjeldande budsjett.

Mål

Målet med tilskotet er å sikre ei berekraftig forvalting av norske kulturlandskap som inngår i den frivillige ordninga Utvalde kulturlandskap i jordbruket.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåing blir vurdert ut frå om forvaltinga er i tråd med kriteria for utpeiking av utvalde kulturlandskap i jordbruket.

Tildelingskriterium

Eit nasjonalt sekretariat leia av Landbruksdirektoratet, saman med Miljødirektoratet og Riksantikvaren, følgjer forvaltinga av områda i samarbeid med fylka. Fylka har ansvaret for administrasjon, tilskotsforvalting og prioritering av tiltak i samråd med områdeutval i dei enkelte områda. Midlane blir tildelte med grunnlag i godkjende forvaltingsplanar. Frå og med 2020 skal kommunane overta ansvaret for å forvalte ordninga. Ein ny forskrift om tilskot i utvalde kulturlandskap i jordbruket og verdensarvområda Vegaøyan og Vestnorsk fjordlandskap vil trå i kraft 1.1.2020. Det betyr at det blir ein ny modell for forvaltning av ordninga, kor kommunar, fylkesmenn og regional kulturminneforvaltning får nye roller og ansvar.

Oppfølging og kontroll

Det er Landbruksdirektoratet som fordeler og følger opp tildelinga av midlar. Sekretariatet rapporterer tilbake til departementa gjennom årlege rapportar. Kontrollen av tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.

Rapport 2018

Midlane til utvalde kulturlandskap i jordbruket er ei spleiseordning med landbruket. I 2018 auka dei samla løyvingane til arbeidet med utvalde kulturlandskap til 29,8 mill. kroner.

Midlane til utvalde kulturlandskap blir fordelte på tiltak innafor planlegging/prosess, kulturminne, naturmangfald og landskapsskjøtsel, overvaking/dokumentasjon, formidling og andre tiltak (næringsutvikling, seterdrift, turstiar m.m.). Landbruksdirektoratet, Miljødirektoratet og Riksantikvaren lager årleg ein rapport om bruken av midlane til utvalde kulturlandskap som òg inneheld status i dei einskilde områda og fordelinga av midlar på ulike formål.

Tiltak i kulturlandskapsområde registrert som verdifulle kulturlandskap

Mål

Målet med ordninga er å sikre berekraftig forvalting av norske kulturlandskap som inngår i Nasjonal registrering av verdifulle kulturlandskap.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåing blir vurdert ut frå om tiltaka sikrar naturmangfaldet i kulturlandskapsområde med store naturverdiar.

Tildelingskriterium

Det er utvikla eit eige sett med kriteriar for tildeling. Blant søknader som gjeld tilskot til tiltak i prioriterte kulturlandskapsområde, vil dei som er forankra i ei skjøtsels- eller tiltaksplan, bli prioriterte.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakar blir følgt opp på at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.

Rapport 2018

Det vart innvilga 30 søknader i 2018, hovudsakeleg til tiltak for å hindre attgroing, gjennomføre skjøtsel i biologisk viktige areal og gjennomføre andre tiltak for å ta vare på naturverdiar i knytte til verdifulle kulturlandskap.

Tiltak for ville pollinerande insekt

Mål

Målet med ordninga er å medverke til å sikre eller å betre leveområda for ville, pollinerande insekt.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåing blir vurdert ut i frå om tiltaka sikrar gode leveområde for ville, pollinerande insekt.

Tildelingskriterium

Søknader som gjeld areal med førekomst av mange arter eller arter på raudlista vil bli prioriterte.

Oppfølging og kontroll

Mottakar av tilskot blir følgt opp på at midlane blir nytta som føresett, og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen skjer gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.

Rapport 2018

2,5 mill. kroner blei fordelt til ulike tiltak i felt, samt kunnskaps- og informasjonstiltak. Tiltaka var spreia over fleire fylke, men med hovudtyngda i Sør- Noreg.

Verdiskaping naturarv

Ordninga er redusert med 4,2 mill. kroner.

Mål

Målet med ordninga er å medverke til at verneverdiane i verneområda og andre verdifulle naturområde blir del av ei brei verdiskaping som har ein langsiktig positiv effekt på natur, lokalsamfunn og næringsutvikling.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåinga blir vurdert ut frå om tilskotet stimulerer til at verneområda og andre verdifulle naturområde blir del av ei brei verdiskaping der natur, lokalsamfunn og næringsutvikling har ein langsiktig positiv effekt av tiltaka.

Tildelingskriterium

Kommunar, regionråd, frivillige organisasjonar, verksemder, grunneigarar, naturinformasjonssentre, tilsynsutval og verneområdestyrer kan få tilskot til tiltak for kanalisering av ferdsel, tiltak for utvikling av besøksforvaltning av nasjonalparkar, naturfagleg kompetanseheving i reiselivsverksemder, tiltak for å betre samarbeidet mellom naturforvaltning, næring og lokalsamfunn, og ulike typar av informasjon og leiing av prosjekt som fell inn under desse tiltaka.

Tilskot kan også bli gitt til implementering av merkevare- og kommunikasjonsstrategien for nasjonalparkar i regi av nasjonalparkkommunar godkjent etter nye kriterium, nasjonalparklandsbyar og nasjonalparksenter. Det er krav om minst 50 pst. eigeninnsats.

Foreininga «Norges nasjonalparkkommuner» blir tildelt eit grunntilskot på 0,5 mill. kroner frå posten. Regionalparkane ved foreininga Norske parkar blir som følgje av budsjettforliket hausten 2018 tildelt 5 mill. kroner. Midlane skal gå til drift og utvikling av dei to organisasjonane

Oppfølging og kontroll

Oppfølging skjer hovudsakeleg i form av fortløpande kontakt mellom Miljødirektoratet og prosjekta som får tilskot. Kontrollen skjer i hovudsak gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende prosjektrapportar og årsmeldingar, og av revisorstadfesta årsrekneskap.

Rapport 2018

Tilskot har mellom anna dekt prosjekt innafor fugleturisme, besøkstrategiar for mykje brukte turstigar, og tilrettelegging av stigar og sykkelstigar. I 2018 fekk følgjande støtte til verdiskaping: Lierne nasjonalparksenter, Halti nasjonalparksenter, Stiftelsen Nordland nasjonalparksenter, Besøkssenter rovdyr Namsskogan, Joma Næringspark AS, Randsfjordmuseet AS, Lister friluftsråde, Noregs nasjonalparkkommunar og nasjonalparklandsbyar, Nærøyfjorden Verdsarvpark, Nordveggen AS, Stavanger turistforeining, Hindsæter Fjellhotell AS, Biovegen i byen (ein organisasjon i Trondheim), Skogsætring velforeining, Hardanger Breføring, Tinn kommune, Bodø kommune, Stryn kommune, Målselv kommune, Sunndal næringsselskap, Røyrvik auto, Rødøy stå og Den norske turistforeining.

Villreinfjellet som verdiskapar

Ordninga er auka med 3 mill. kroner.

Mål

Målet er å stimulere til brei verdiskaping knytt til dei ti nasjonale villreinområda, særleg retta inn mot ulike delar av reiselivet. Ordninga skal medverke til god gjennomføring av dei regionale planane for villreinområda, og til å utvikle og spreie kunnskap om villreinen og villreinfjellet til ulike målgrupper.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåinga blir vurdert ut frå om tilskotet stimulerer til at dei nasjonale villreinområda blir del av ei brei verdiskaping der villrein, lokalsamfunn og næringsutvikling har ein langsiktig positiv effekt av tiltaka.

Tildelingskriterium

Tilskot kan bli tildelt til eit hovudprosjekt i samsvar med den fastsette programplanen. Hovudprosjekta skal omfatte fleire ulike delprosjekt og tiltak, og må vere knytt til eit geografisk område eller eit tema innafor dei 61 kommunane som er omfatta av dei nasjonale villreinområda. Det er utvikla eit eige sett med søknadskriterium, der det mellom anna blir lagt vekt på god samanheng med handlingsprogramma knytt til dei regionale planane. Det blir òg lagt vekt på at hovudprosjekta skal ha geografisk spreiing og dekkje ulike tema og problemstillingar knytt til dei ulike nasjonale villreinområda. Prosjekta skal femne både miljøvis, sosial, kulturell og økonomisk verdiskaping. Det er krav om minst 50 pst. eigeninnsats i form av arbeid eller andre økonomiske midlar.

Oppfølging og kontroll

Oppfølging skjer hovudsakeleg i form av fortløpande kontakt mellom Miljødirektoratet og dei prosjekta som får tilskot, og gjennom at fylkesmannen deltek i dei styrande organa for prosjekta. Kontroll skjer gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende prosjektrapportar og årsmeldingar, og av revisorstadfesta årsrekneskap. Norsk villreinsenter har ei viktig rolle i fagleg oppfølging og rådgiving for prosjekta, og arrangerer òg årlege nettverkssamlingar for alle prosjekta i samarbeid med Miljødirektoratet.

Rapport 2018

Følgjande hovudprosjekt fekk tilskot i 2018: Kunnskap om villrein og villreinfjellet (Verneområdestyret for Setesdal Vesthei og Ryfylkeheiane), Villreinfjellet Rondane som verdiskapar (Oppland fylkeskommune), Villreinløypa (Gudbrandsdalsmusea/Lesja kommune), Dovrefjellaksen – samarbeid om formidling (Trøndelag fylkeskommune), Forollhogna – det heile fjellet (Forollhogna nasjonalparkstyre). I tillegg fekk forprosjektet «Velkomen til villreinfjellet» (Buskerud fylkeskommune/Nore og Uvdal kommune) tilskot. Alle prosjekta er knytt opp mot dei regionale planane for nasjonale villreinområde, og dei har ført til brei mobilisering til samarbeid mellom ulike aktørar lokalt og regionalt. Prosjekta har også ført til at det er etablert gode koplingar til arbeidet med besøksstrategiar for verneområda. Det er oppretta eigne temasider for prosjekta på Norsk villreinsenter sin nettstad villrein.no.

Nasjonale turiststigar

Nokre av midlane under ordninga kan brukast av Miljødirektoratet under post 21, til prosjektutvikling og prosjektstyring.

Ordninga er auka med 0,5 mill. kroner.

Mål

Nasjonale turiststigar er definert som område med stor opplevingsverdi og attraksjonskraft, og er eit utval av stigar og turmål som gjennom heilskapleg besøksforvaltning toler eit høgt tal besøkande utan at natur- og kulturverdiar blir forringa, og der opplevinga for dei besøkande er viktig. Tilstrøyminga fører til stor slitasje på stigane og naturen rundt, utfordringar med søppel/avfall, behov for informasjon både før og under besøket, og utfordringar med tryggleiken til dei besøkande. Målet for ordninga er å utvikle eit avgrensa tal Nasjonale turiststigar, slik at tryggleik, opplevingsverdiar, informasjon og naturverdiar blir tekne vare på.

Ordninga skal ikkje leggje til rette for meir utbygging og tiltak enn det som er naudsynt, og alle tiltak skal vere innanfor rammene av allemannsretten og norsk friluftslivstradisjon. Eventuelle byggje- og anleggstiltak skal vere tilpassa landskapet, ha minst mogleg omfang og ta omsyn til området sine natur- og opplevingskvalitetar.

God lokal forankring av arbeidet og langsiktig planlegging gjennom heilskapleg besøksforvalting som skal munne ut i ein besøksstrategi er eit krav for å bli autorisert som Nasjonal turiststig. Det kan autoriserast inntil 15 Nasjonale turiststigar, og det er berre stigar med ekstraordinært stort besøk og der internasjonale turistar utgjer ein stor del, som kan bli autoriserte. Berre stigar der noverande situasjon og framtidige planar i stigen sitt nærområde tek omsyn til naturmangfald, friluftsliv, tryggleik og landskapskvalitetar kan bli autoriserte.

Stigar som er autoriserte som Nasjonal turiststi blir prioriterte ved tildeling av midlar frå ordninga, men å vere autorisert er ikkje eit krav for å få midlar frå ordninga. Stigar som er autoriserte vil i tillegg få eit årleg grunntilskot på 300 000 kroner, slik at desse stigane får ei føreseieleg forvaltning. Grunntilskotet blir utbetalt frå og med året etter autorisering, og kan berre nyttast til tiltak som gir rett til midlar i tilskotsordninga. Dei autoriserte stigane kan i tillegg søkje om midlar i den ordinære søknadsprosessen.

I 2020 vil følgjande autoriserte stigar få grunntilskot:

  • Fosseråsa i Geiranger

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåinga blir vurdert ut frå om tilskotet medverkar til færre ulykker og utrykkingar frå hjelpemannskap i samband med ferdsel på stigane, redusert slitasje og om tilskotet medverkar til å oppretthalde naturverdiar og miljøverdiar på og i tilknyting til stigane. I tillegg vil det bli lagt vekt på ordninga sitt bidrag til brei lokal verdiskaping.

Tildelingskriterium

Destinasjonsselskap, kommunar, kommunale- eller interkommunale føretak, stiftelsar, frivillige organisasjonar og verneområdestyre kan søkje på ordninga. Søknader med synleggjort breie samarbeidsrelasjonar mellom reiseliv, frivillige, kommune og forvalting vil bli prioriterte.

Tilskot blir gitt til prosjekt som omhandlar turstigar med store opplevingskvalitetar der internasjonale turister utgjer ein stor del av dei besøkande.

Det skal liggje føre ei prosjektbeskriving for stigen/området det blir søkt om tilskot til, og som søknaden skal byggje på. Prosjektbeskrivinga skal vise omfang av besøk på den aktuelle stigen, beskrive kva som er utfordringane for det aktuelle området og ein plan der ein syner kva tiltak som kan kome desse utfordringane i møte. Stigen sin betyding for lokalt reiseliv skal òg inngå i prosjektbeskrivinga.

Alle fysiske tiltak som får tilskot skal i utgangspunktet vere opne for ålmenta. Alle byggje- og anleggstiltak skal vere tilpassa landskapet og områdets natur- og opplevingskvalitetar.

Tildelte midlar skal i utgangspunktet brukast til tiltak på og i tilknyting til stigane. Det kan òg bli gitt tilskot til enkelte andre tiltak, som for eksempel informasjonstiltak og planleggingstiltak, og forprosjekt og prosjektleiing knytt til besøksforvalting som førebuing til å søkje om autorisasjon. Det blir ikkje gitt tilskot til drift knytt til stigområda.

Det blir berre gitt tilskot til søkjarar som medverkar med minst 50 prosent eigeninnsats (økonomiske midlar eller arbeidsinnsats som kan dokumenterast).

Prioriterte tiltak:

  • Tilrettelegging og merking av stig

  • Sikringsbuer og andre beredskapstiltak

  • Tilrettelegging av tilkomstsoner

  • Toalett/sanitæranlegg

  • Søppelhandtering

  • Prosjektleiing og planlegging knytt til besøksforvaltning

  • Informasjonstiltak, under dette også fjellvaktteneste, stigpatruljar og vertsskap ved til dømes stigens startområde.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakar blir følgt opp i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.

Rapport 2018

Det kom inn 35 søknader i 2018, og 14 søkarar fordelt på 7 fylke fekk tildelt midlar. Mange stigar er rusta opp med mellom anna drenering av vatn og steinlegging. Ulike sikrings- og beredskapstiltak, under dette fjellvaktordning, blei finaniserte. Viktige informasjonstiltak blei gjennomført og enkelte startpunkt blei tilrettelagt med mellom anna parkering. I Lofoten blei det gjennomført forarbeid som grunnlag for å velje ut den stigen det skal arbeidast vidare med, og i Lysefjorden blei Refså kai oppgradert. Følgjande fekk tilskot i 2018: Skogshorn i Hemsedal, Segla på Senja, Kjerag og Preikestolen i Lysefjorden, Reinebringen i Lofoten, Lofoten Friluftsråd, Oppstemten i Bergen, Dronningruta i Vesterålen, Trolltunga i Odda, Romsdalseggen i Rauma, Engabreen i Meløy, Besseggen i Vågå og Fossesien i Geiranger.

Post 82 Tilskot til truga arter og naturtypar, kan overførast

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

82.1

Tilskotordning – truga arter

19 998

16 577

16 577

82.2

Tilskotordning – truga naturtypar

31 454

28 778

28 778

Sum post 82

51 452

45 355

45 355

Posten er retta mot resultatområde Naturmangfald. Posten er delt i to underpostar, ein for truga arter og ein for truga naturtypar. Underposten for truga arter omfattar mellom anna tilskot til prioriterte arter og deira økologiske funksjonsområde, og arter som er klassifiserte som truga på Norsk raudliste for arter 2015. Tiltak for bevaring av hubro er òg inkludert i posten med fokus på tiltak mot elektrokusjon. Underposten for truga naturtypar omfattar tilskot til tiltak for utvalde naturtypar og naturtypar som er klassifiserte som truga på Norsk raudliste for naturtypar 2018.

Truga arter

Mål

Målet med tilskotsordninga er å medverke til å gjennomføre tiltak for å ta vare på truga plante- og dyrearter, under dette arter som er valt ut som prioriterte arter. Ordninga inkluderer òg økologiske funksjonsområde for prioriterte arter.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåinga blir vurdert ut frå talet på tiltak knytt til truga arter. Måloppnåinga for hubro blir vurdert ut frå talet stolpar/konstruksjonar som er sikra mot skade på hubro, og utvikling i hubrobestanden i desse områda.

Tildelingskriterium

Tilskot kan bli tildelt konkrete tiltak i felt til skjøtsel og vedlikehald, biotopforbetrande tiltak, restaurering, aktiv skjøtsel eller andre typar tiltak som er naudsynte for å ta vare på eller rette opp økologiske funksjonsområde for truga og prioriterte arter, gjerding, naudsynt utstyr for å gjennomføre tiltak, informasjon retta lokalt/regionalt, kartlegging knytt til tiltak og tiltak for hindre at hubro dør som følgje av at dei brukar straumstolpar som sitjeplass.

Oppfølging og kontroll

Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane blir følgde opp i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.

Rapport 2018

Det kom inn 255 søknadar til tilskotsordninga for truga og prioriterte arter. Det vart søkt om 25,2 mill. kroner, og totalt tildelte Miljødirektoratet og fylkesmannen om lag 20 mill. kroner til slike søknader. Midlane er gitt til konkrete tiltak som til dømes skjøtsel av lokalitetar, styrking av bestandar og informasjon. Av dette er om lag 2,4 mill. kroner gitt til 10 tiltak for hubro for å unngå at arta dør som følgje av elektrokusjon. Dei ulike nettselskapa nyttar i tillegg eigne midlar på dei same strekningane.

Truga naturtypar

Mål

Målet med tilskotsordninga er å medverke til å ta vare på utvalde naturtypar etter naturmangfaldlova kap. VI og truga naturtypar, jf. definisjon av truga naturtypar i Norsk raudliste for naturtypar.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåinga blir vurdert ut frå målsetjingane for å ta vare på naturtypar i dei enkelte handlingsplanane, under dette tal på lokalitetar som blir tekne vare på og talet på tiltak knytt til førekomstar av truga og utvalde naturtypar.

Tildelingskriterium

Tilskot kan bli tildelt til skjøtsel og vedlikehald, tilpassa bruk på areal som inngår i drifta av landbruksføretak, gjerding, kartlegging og overvaking knytt til tiltak, utarbeiding av skjøtsels- eller tiltaksplan, nødvendig utstyr til tiltak og informasjon om naturtypane.

Oppfølging og kontroll

Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane rapporterer korleis midlane blir nytta, gjennomførte tiltak og resultat. Kontrollen går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar frå tilskotsmottakar til fylkesmannen.

Rapport 2018

Det kom inn 1050 søknader, mot om lag 960 i 2017 og 860 i 2016. Talet på søknader har dei siste åra auka med om lag 100 i snitt. Det kom inn søknader for tiltak i 16 ulike naturtypar. Talet på søknader er framleis størst innafor naturtypane slåttemark (695 søknader), kystlynghei (153 søknader) og hole eiker (89 søknader). Om lag 900 søknader omfatta skjøtsel og vedlikehald. I tillegg kom det inn søknader om tilskot til gjerding, informasjonstiltak, kartlegging og overvaking knytt til tiltak, tilpassa drift på areal som inngår i drifta av landbruksføretak og innkjøp av utstyr til skjøtsel.

Det vart søkt om 48,3 mill. kroner til tiltak for å ta vare på truga og utvalde naturtypar. Miljødirektoratet tildelte totalt om lag 31 mill. kroner til fylkesmannen for vidare tildeling, og tildelte om lag 0,6 mill. kroner til informasjonstiltak med nasjonalt fokus.

Handlingsplanar for naturtypar legg det faglege grunnlaget og dei overordna rammene for ein stor del av tiltaka som blir gjennomførte med støtte frå tilskotsordninga for truga og utvalde naturtypar. Talet på skjøtselsplanar som er utarbeidde for enkeltområde stig jamt. Det gjer òg talet på langsiktige avtalar med grunneigarar om skjøtsel. Dette er eit viktig verkemiddel for å motivere grunneigarar til å søkje tilskot og drive skjøtsel. Det er flest skjøtselsplanar og avtalar for slåttemark og kystlynghei.

Post 83 Tilskot til tiltak mot framande arter (ny), kan overførast

Posten er ny, og det er lagt inn 4 mill. kroner på posten, som er flytta frå kap. 1400 post 76.

Mål

Tilskotsordninga skal medverke til å hindre negativ påverknad på naturmangfaldet frå framande, skadelege arter.

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er om tiltaka som får støtte frå posten medverkar til at trusselen frå framande, skadelege organismar blir mindre.

Tildelingskriterium

Tilskot kan bli tildelt til tiltak for nedkjemping av framande, skadelege organismar, informasjonstiltak og kartlegging og overvaking knytt til konkrete tiltak.

Oppfølging og kontroll

Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane rapporterer korleis midlane blir nytta, gjennomførte tiltak og resultat. Kontrollen går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar frå tilskotsmottakar.

Rapport 2018

Posten er ny. Sjå rapport 2018 under kap 1400 post 76 for rapport på bruk av midlane.

Post 84 Internasjonalt samarbeid

Tilskotsordninga er primært knytt til resultatområda Naturmangfald og Forureining, men òg til Friluftsliv, Klima og Polarområda.

Posten er auka med 0,2 mill. kroner knytt til auka bidrag til Det internasjonale ressurspanelet.

Mål

Målet for tilskotsordninga er å støtte organisasjonane som er nemnde nedanfor i deira internasjonale arbeid for vern av naturmangfald og berekraftig bruk av naturressursar, klima, og å setje Miljødirektoratet og andre delar av miljøforvaltinga i stand til å delta i det faglege internasjonale nettverket desse organisasjonane utgjer.

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er om Noreg gjennom si støtte til dei internasjonale organisasjonane i rimeleg grad medverkar til at desse kan utføre oppgåvene sine, og at Miljødirektoratet og anna miljøforvalting får tilgang til arbeidet som skjer i dei.

Tildelingskriterium

Posten skal dekkje utgifter til kontingent i samband med medlemskap i relevante internasjonale organisasjonar, under dette:

  • Naturpanelet (Intergovernmental Science-Policy Platform on Biodiversity and Ecosystem Services, IPBES)

  • Federation of Nature and National Parks of Europe (EUROPARC)

  • Conseil International de La Chasse (CIC)

  • International Union for Conservation of Nature (IUCN) (Government Agency member)

  • Wetlands International (WI)

  • BirdLife International (BI)

  • Nordisk kollegium for viltforsking (NKV)

  • Den europeiske plantevernorganisasjonen (Planta Europa)

  • Den europeiske organisasjonen for bevaring av geologiarven (ProGEO)

  • Working Group on Harmonization of regulatory oversight in Biotechnology (WGHROB) under Biosafety-programmet til OECD

  • Konvensjon om langtransportert luftforureining (LRTAP-konvensjonen), kjerneoppgåver som ikkje blir omfatta av bidraget til EMEP-protokollen

  • Common Forum on Contaminated Land

  • The European Union Network for the Implementation and International Transaction Log (IIL)

  • Enforcement of Environmental Law (IMPEL)

  • Organization of Economic co-operation and Development (OECD)

  • Det internasjonale Ressurspanelet (The international Resource Panel)

Posten skal òg dekkje utgifter knytte til relevante oppfølgingsprosjekt i tilknyting til medlemskapen, slik som i den nordatlantiske organisasjonen for laksevern, North Atlantic Salmon Conservation Organization (NASCO) og naturpanelet (IPBES). Kontingenten til NASCO er dekt over kap. 1400 post 71 Internasjonale organisasjonar.

Det skjer ei kontinuerleg vurdering av organisasjonane sine målsetjingar og av tilhøvet deira til sentrale konvensjonar og avtaler, og kva nytte Miljødirektoratet har av medlemskapen.

Oppfølging og kontroll

Oppfølging skjer hovudsakleg i form av deltaking i og bidrag til møte i organisasjonane sine styrande organ, der det blir fatta avgjerder mellom anna om budsjett, kontingentar og økonomisk styring. Oppfølging av spesielle prosjekt skjer gjennom deltaking i referanse-, arbeids- eller styringsgrupper, ved kontakt med slike grupper, eller ved direkte kontakt med prosjektet.

Kontrollen skjer i hovudsak gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende prosjektrapportar og årsmeldingar, og av revisorstadfesta årsrekneskapar frå organisasjonane. I tillegg deltek Miljødirektoratet på møte i organisasjonane sine styrande organ, der det blir fatta avgjerder mellom anna om budsjett, kontingentar og økonomisk styring.

Rapport 2018

Midlane dekte i 2018 medlemskontingenten i dei internasjonale organisasjonane som er lista under «Tildelingskriterium» over..

Post 85 Naturinformasjonssenter, kan overførast

Midlane er i hovudsak retta mot resultatområda Naturmangfald og Friluftsliv.

Besøkssenter for natur skal vere dei fremste kvalitetsformidlarane av kunnskap om nasjonalparkar, villrein, våtmark, rovvilt, fugl og villaks til lokalbefolkninga og tilreisande, spesielt barn og unge.

Posten er samla sett auka med om lag 6,3 mill. kroner.

Det vil bli etablert tre nye besøkssentre knytt til Lofotodden (1 mill. kroner), Jomfruland (1 mill. kroner) og Raet (1 mill. kroner) nasjonalparkar, med sikte på seinare autorisering. I tillegg er det lagt inn nye midlar til besøkssenter for rovdyr i Hedmark (1,5 mill. kroner) og driftstilskot til Atlanterhavsparken i Ålesund (1,029 mill. kroner).

Mål

Målet med tilskotsordninga er å medverke til drift, utvikling og etablering av naturinformasjonssenter/besøkssenter natur.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåing for sentra blir vurdert på bakgrunn av årlege rapportar der sentra viser at dei fyller autorisasjonskrava.

Tildelingskriterium

Autoriserte besøkssenter natur kan søkje om eit årleg grunntilskot til aktivitet knytt til administrasjon, planlegging og gjennomføring av informasjonstiltak, naturrettleiing m.m. Grunntilskotet blir for 2020 på 1,062 mill. kroner pr. senter. Autoriserte senter kan i tillegg søkje kompetansetilskot til oppgåver som nøytrale kunnskapsformidlarar/kompetansesenter. Både autoriserte senter, andre som arbeider med naturinformasjon (for eksempel museum og stiftelsar) og senter som ikkje er autoriserte, kan søkje om tilskot til utstillingar og informasjonstiltak.

Naturrettleiing vil si formidling av kunnskap om naturen og samanhengar i naturen, i den hensikt å styrke innsikt, respekt, engasjement og omsorg for natur- og kulturmiljøet. Naturrettleiing utføres av ein person, naturrettleiaren, som i hovudsak gir deltakarane direkte opplevingar ute i naturen. Mottakarar av tilskot til naturrettleiing er Norsk villreinsenter (Hjerkinn og Skinnarbu), besøkssentra for rovdyr i Flå og Namsskogan og besøkssenter Nordland, Færder og Hardangervidda-(Skinnarbu) og musea i Akershus avd. Fetsund lenser (Nordre Øyeren).

Tabell 7.4 Type senter

Tema for senter

(i 1 000 kr)

Besøkssenter nasjonalpark og forvaltingsknutepunkt

32 974

Norsk villreinsenter

8 546

Besøkssenter våtmark

7 120

Besøkssenter rovdyr

8 106

Naturrettleiing

6 763

Villakssenteret

7 583

Runde Miljøsenter

3 292

Atlanterhavsparken

1 029

Sum

75 413

Oppfølging og kontroll

Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane leverer årsmelding, revidert rekneskap, budsjettforslag, plan for verksemda og eventuelt framdriftsrapportar med rekneskap. Sentra rapporterer tal på besøkande, aktivitetar og naturrettleiing, sal av logoprodukt, resultat frå brukarundersøkingar og eventuelle evalueringar av innhald og aktivitet ved senteret, og på andre forhold som var sentrale for å få tildelt tilskotet. Det blir utført ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportane og rekneskapane. Det blir nytta stikkprøvekontroll, blant anna ved gjennomsyn av utstillingar og informasjonsmateriell som det er gitt støtte til.

Runde Miljøsenter, Atlanterhavsparken i Ålesund og det nasjonale villakssenteret må rapportere bruken av midlane på same måte som dei autoriserte sentra.

Rapport 2018

Det vart gitt grunntilskot til 15 autoriserte besøkssenter nasjonalpark. Det vart etter søknad gitt tilskot til fornying av utstillingar og informasjonstiltak, og til opparbeiding og tilrettelegging av forvaltingsknutepunkt. Tre autoriserte besøkssenter rovdyr og seks autoriserte besøkssenter våtmark fekk òg tilskot. Det vart også gitt tilskot til Stiftelsen Norsk villreinsenter som har ei utvida rolle som informasjons- og kompetansesenter, og har driftseiningar på Herkinn og Skinnarbu, under dette besøkssenter villrein på Hjerkinn. I tillegg er det gitt tilskot til ein møteplass for samarbeid om villaksen i Tanavassdraget og til planlegging av det internasjonale lakseåret.

Følgjande senter fekk tilskot i 2018: Norsk Villreinsenter, Kunnskapssenter for laks og vassmiljø, besøkssenter rovdyr; Bardu, Flå og Namsskogan, besøkssenter nasjonalpark; Øvre-Pasvik, Stabbursdalen, Reisa, Lierne, Femundsmarka, Folgefonna, Færder, Ytre Hvaler, Jostedalsbreen – Oppstryn, Jotunheimen, og besøkssenter nasjonalparkane i Nordland, Norsk Tindesenter, Ånderdalen nasjonalparkstyre, Musea i Sør-Trøndelag – avd. Røros, Musea i Akershus – avd. Fetsund lenser, Volland Gard – Kvikne nasjonalpark, Fjordmuseet på Storsteinnes – Midt-Troms museum, Dokkadelta våtmarkssenter, besøkssenter våtmark Ilene, besøkssenter våtmark Jæren, besøkssenter våtmark Oslo, besøkssenter våtmark Lista, Trondheimsfjorden våtmarkssenter, besøkssenter våtmark Ørland, RamSalten våtmarkssenter og Runde miljøsenter.

Kap. 4420 Miljødirektoratet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Oppdrag og andre ymse inntekter

4 657

7 373

7 571

04

Gebyr, forureiningsområdet

46 355

41 141

52 045

06

Gebyr, fylkesmannsembeta sine miljøvernavdelingar

30 580

35 869

36 832

07

Gebyr, kvotesystemet

8 674

8 270

8 492

08

Gebyr, naturforvaltningsområde

73

638

655

09

Internasjonale oppdrag

61 381

43 816

45 218

Sum kap. 4420

151 720

137 107

150 813

Post 01 Oppdrag og andre ymse inntekter

På posten er det budsjettert med enkelte ulike oppdragsinntekter og leigeinntekter som direktoratet har i samband med utleige av nokre kontorlokale og sitt konferansesenter i Oslo. Oppdragsinntektene er hovudsakleg knytte til tenester som Statens naturoppsyn utfører for andre, mellom anna Statskog. På posten blir òg ført ymse inntekter, frå sal av rapportar utarbeidde av Miljødirektoratet og enkelte andre produkt. Dei tilsvarande utgiftene er budsjetterte under kap. 1420 post 01 Driftsutgifter.

Kap. 1420 post 01 Driftsutgifter kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II.

Post 04 Gebyr, forureiningsområdet

I samsvar med prinsippet om at forureinaren skal betale, er det innført gebyr på ulike område innanfor forureiningsområdet.

Posten omfattar Miljødirektoratets inntekter frå følgjande ordningar:

  • gebyr frå dei som får utferda eit sertifikat under ei sertifiseringsordning for bedrifter og personell som handterer fluorerte klimagassar (produktforskrifta, Kapittel 6a). Ordninga er ein del av EØS-avtala som regulerer dei fluorerte klimagassane HFK, PFK og SF6 gjennom krav til blant anna dokumenterte kvalifikasjonar for teknisk personell og bedrifter som utfører arbeid på utstyr med nokre av desse gassane. Den praktiske gjennomføringa av sertifiseringsordninga blir i dag utført av Isovator AS (HFK i kuldeanlegg mv.) og Incert AB (SF6 i høgspentbrytarar). EU vedtok 16. april 2014 ei revidert forordning som utvidar sertifiseringsordninga til òg å gjelde personell som handterer kjølebilar/-tilhengarar og GIS-anlegg. Den reviderte forordninga er implementert i Noreg gjennom produktforskrifta kap. 6a og trådde i kraft 14. desember 2018.

  • gebyr for konsesjonsbehandling og kontroll i medhald av forureiningsforskrifta

  • gebyr for tilsyn og kontroll med importører og produsentar av kjemiske stoff og stoffblandingar, i medhald av deklareringsforskrifta

  • gebyr for deklarasjon av farleg avfall, i medhald av avfallsforskrifta. Verksemder som leverer farleg avfall skal fylle ut eit deklarasjonsskjema med opplysningar om avfallets opphav, innhald og eigenskapar. Det er fastsett eit gebyr for denne deklarasjonen, og gebyret skal dekkje Miljødirektoratets kostnader ved drift og utvikling av systemet inkludert kjøp av tenester

  • gebyr for drift av produsentregister for elektriske og elektroniske produkt (EE-registeret), i medhald av avfallsforskrifta. EE-registeret vart i 2019 erstatta av Produsentansvar, som er det nye registeret for EE-produkt og EE-avfall. Alle som importerer og produserer elektriske og elektroniske produkt (EE-produkt) i Noreg pliktar å vere medlem av eit godkjent returselskap. Returselskapa finansierer drifta og utviklinga av dette registeret gjennom eit gebyr som avheng av deira marknadsdel

  • gebyr for eksport og import av avfall, i medhald av avfallsforskrifta. Verksemder som importerer eller eksporterer meldepliktig avfall må innhente samtykke til dette. Gebyret er basert på Miljødirektoratet sin timebruk og timekostnad til behandling av søknadar om eksport og import av avfall

I tillegg vil det på denne posten kunne komme inntekter frå andre ordningar, som for eksempel gebyr for behandling av søknader om godkjenning av biocidaktive stoff og biocidprodukt

I høve til 2019 er posten auka med 10,9 mill. kroner.

Tabell 7.5 Budsjettet for 2020 fordeler seg på dei ulike gebyrordningane som følgjer:

Gebyrordning

Budsjett inntekt 2020 (tal i tusen kroner)

Sertifisering for fluorerte klimagassar

10 125

Konsesjonsbehandling etter forureiningsforskrifta

8 225

Tilsyn etter forureiningslova

9 325

Kvotetilsyn

345

Tilsyn med kjemikaliar

5 525

Deklarasjon av farleg avfall

5 525

Drift av produsentregiser for elektriske og elektroniske produkt (EE-registeret)

2 625

Eksport og import av avfall

6 725

Godkjenning av biocid og biocidprodukt

3 625

Totalt kap. 4420 post 04

52 045

Kap. 1420 post 23 Driftsutgifter kan overskridast mot meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II.

Post 06 Gebyr, fylkesmannsembeta sine miljøvernavdelingar

Posten omfattar inntekter til Fylkesmannen frå gebyr for arbeid med konsesjonsbehandling og tilsyn. Kap. 1420 post 23 Driftsutgifter kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II.

Post 07 Gebyr, kvotesystemet

Miljødirektoratet forvaltar kvoteforskrifta. Verksemder som er omfatta av kvoteplikta må ha løyve frå Miljødirektoratet til kvotepliktige utslepp, i tillegg til eit godkjent program for utrekning og måling av utsleppa. Dei kvotepliktige verksemdene sine årlege utsleppsrapportar blir kontrollerte og verifiserte av Miljødirektoratet.

I tråd med føresegnene i kap. 39 i forureiningsforskrifta skal Miljødirektoratets kostnader ved utarbeiding av løyve til kvotepliktige utslepp finansierast av gebyr.

I tråd med føresegnene i kap. 9 i kvoteforskrifta skal Miljødirektoratets kostnader ved godkjenning av utsleppsrapportar finansierast av gebyr. Dette er i samsvar med EUs reglar. Miljødirektoratet har òg ansvaret for å drifte det elektroniske kvoteregisteret.

Det er samla lagt inn 0,2 mill. kroner som følgje av prisjustering og avbyråkratiserings- og effektiviseringsreforma.

Post 08 Gebyr, naturforvaltingsområde

Inntektene på denne posten skal dekkje utgifter i samband med merkjepliktig vilt, og til utgifter ved kontroll av naturforvaltingsvilkår i vasskraftskonsesjonar.

Det er merkje- og registreringsplikt for dødt vilt som tilkjem Viltfondet, sjå vedlegg (artsliste) til forskrift 18. juni 2004 nr. 913 om handtering av dødt vilt. Dei som vil overta merkjepliktig vilt frå Viltfondet skal betale eit gebyr. Gebyret blir ført vidare på same nivå som i tidligare år, det vil seie 450 kroner. Innbetalte gebyr blir nytta til drift og vedlikehald av ein sentral database for å ta vare på informasjon om individa. Desse utgiftene blir dekte over kap. 1420 post 23.

Miljødirektoratet krev refusjon for utgifter det har knytt til kontroll av naturforvaltingsvilkår i vasskraftkonsesjonar. Gebyret er heimla i vassdragsreguleringslova § 12 punkt 19, i vassressurslova § 57–58 og den enkelte konsesjon.

Kap. 1420 post 23 Driftsutgifter kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II.

Post 09 Internasjonale oppdrag

Inntektene under posten kjem frå andre statsinstansar og frå internasjonale organisasjonar, og skal finansiere Miljødirektoratets utgifter under kap. 1420 post 23 til internasjonalt miljøsamarbeid og bistandsarbeid, for eksempel institusjonsbygging i samarbeidsland.

Kap. 1420 post 23 Driftsutgifter kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II.

Kap. 1422 Miljøvennleg skipsfart

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

21

Spesielle driftsutgifter

5 425

5 557

7 706

60

Tilskot til kommunar og fylkeskommunar, kan overførast, kan nyttast under post 70

6 407

70

Tilskot til private, kan nyttast under post 21

7 000

26 188

Sum kap. 1422

11 832

12 557

33 894

Miljøvennleg skipsfart er eit prioritert innsatsområde i klimapolitikken og i regjeringas maritime strategi. Bruk av meir klima- og miljøvennleg drivstoff og energieffektive skip er nøkkelfaktorar i å redusere utsleppa frå skipsfarten. Noreg er i dag leiande i utvikling og bruk av blant anna gassdrivne skip og batteridrivne ferjer – eit fortrinn som kan utnyttast og utviklast vidare.

Regjeringa har i den maritime strategien identifisert fleire grep for å medverke til å redusere utsleppa frå skipsfarten. For å utløyse potensialet for utsleppsreduksjonar frå skipsfarten må både styresmakter og næringa investere, og regjeringa vil derfor òg leggje opp til ei styrking av Sjøfartsdirektoratets kompetanse på nye klima- og miljøvennlege løysingar for skipsfarten, med mål om ein effektiv prosess for myndigheitsbehandling av skip som blir bygde med ny klima- og miljøvennleg teknologi. Sjøfartsdirektoratet skal òg auke merksemda på tiltak mot marin forsøpling frå internasjonal og nasjonal skipsfart.

Rolle og oppgåver for Sjøfartsdirektoratet:

Sjøfartsdirektoratet er underlagt Klima- og miljødepartementet i saker som gjeld forureining og vern om det marine miljøet, og utfører viktig arbeid innanfor dette området. Arbeidet omfattar blant anna utgreiingsoppgåver, utarbeiding av forskrifter, utferding av sertifikat, flaggstatskontrollar og hamnestatskontrollar. Sjøfartsdirektoratet utfører dessutan betydelege internasjonale oppgåver på miljøområdet retta mot FNs sjøfartsorganisasjon (IMO), EU, Nordsjøsamarbeidet og Det arktiske samarbeidet.

Sjøfartsdirektoratet har som ei av sine hovudmålsetjingar å medverke til at skipsfarten er ei klima- og miljøvennleg transportform. Direktoratet skal òg medverke til god tryggleik mot forureining ved effektivt tilsyn av norske skip og hamnestatskontroll av framande skip.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Midlane er retta mot resultatområde Naturmangfald.

Posten er samla sett auka med omlag 2 mill. kroner. Det er lagt inn nye midlar til utgreiinger knytta til arbeidet med å redusera utslepp frå skipsfarten, herunder vurdere strengare krav til utslipp frå skip i norske fjordar. Det er òg lagt inn 1 mill. kroner til å administrere ny satsing under kap. 1422 post 70 med grøn flåtefornying av lasteskip. I tillegg er det lagt inn ein priskompensasjon på posten.

Posten medverkar til å dekkje løn til fast og mellombels tilsette og driftsutgifter for Sjøfartsdirektoratet i arbeidet med ein miljøvennleg skipsfart. Reduksjonar i utslepp av SO2, NOx og klimagassar står sentralt i dette arbeidet. Vidare skal det gjennomførast tiltak for å redusere faren for utilsikta introduksjon og spreiing av framande arter i ballastvatn. Posten dekkjer òg midlar knytte til utgreiingar, informasjon, internasjonalt arbeid og formidling relatert til miljøspørsmål.

Rapport 2018

Midlane til Sjøfartsdirektoratet har blant anna gått til nasjonalt og internasjonalt arbeid med å redusere klimagassutslepp frå skipsfarten, redusere eller hindre forureining til luft og sjø, førebyggje spreiing av framande organismar, opphogging av skip, arbeid med forvaltingsplanar for havområda og eit eige arbeid med å sjå nærare på miljøbelastninga frå cruisetrafikk i norske fjordar.

Post 70 Tilskot til private, kan nyttast under post 21

7,1 mill. kroner er løyvd til Statens del i det offentleg-private samarbeidet Grønt skipsfartsprogram. Desse skal i hovudsak brukast til å utvikle grøne løysingar for fleire fartøykategoriar. Posten er i 2020 òg styrkt med 19 mill. kroner til arbeid for å realisere grøn flåtefornying av lasteskip. Løyvinga skal gå til konkrete prosjekt gjennom Grønt skipsfartsprogram som støtter opp under bruk av null- og lågutsleppsløysingar i lasteskip, og som fremmer grøne marknader for sjøtransport.

Rapport 2018

Posten med løyving til Grønt kystfartsprogram er ny i 2019.

Kap. 1423 Radioaktiv forureining i det ytre miljø

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Driftsutgifter

17 276

27 040

28 518

Sum kap. 1423

17 276

27 040

28 518

Post 01 Driftsutgifter

Midlane under denne posten er retta mot resultatområde Forureining og er auka med priskompensasjon på posten og 1 mill. kroner for arbeidet med innkreving av gebyr for tillatelser etter forureiningslova. Dei tilhøyrande inntektene er førte under kap. 4423 post 01. Løyvinga kan overskridast dersom det er tilsvarande meirinntekt under denne posten, jf. forslag til vedtak II. Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA) er Klima- og miljødepartementets direktorat på området radioaktiv forureining i det ytre miljø og er forureiningsmyndigheit etter forureiningslova. Direktoratet si fremste oppgåve er å utøve forvaltningsmynde, skaffe fram informasjon og kunnskap, og gi faglege råd. Dette omfattar forvalting og kartlegging av radioaktivt avfall og avfallsstraumar med heimel i forureiningslova.

Verksemder som er omfatta av DSA sitt forvaltingsmynde er mellom anna petroleumsverksemd, sjukehus og forsking, avfallsdeponi, forskingsreaktorane i Halden og på Kjeller og noko prosess- og mineralindustri.

Ved atomanlegga i Halden og på Kjeller er reaktorane no stengt. Dekommisjonering er venta å gå føre seg over fleire tiår, og vil krevje betydeleg innsats både frå operatør og frå DSA som forvaltnings- og tilsynsmyndigheit.

I 2020 skal DSA utarbeide eit forslag til ein nasjonal strategi for radioaktivt avfall, og halde fram arbeidet med å identifisere potensielle utfordringar med handtering av radioaktivt avfall og å sikre tilstrekkeleg deponikapasitet. Dette er særleg knytt til handtering av avfall frå ei framtidig dekommisjonering av forskingsreaktorane, inkludert løysingar for det brukte brenselet frå reaktorane og etablering av nytt lager for radioaktivt avfall.

DSA har ansvar for å støtte og gi råd i oppfølging av departementets beredskapsansvar. Trusselvurderingar og scenario for akutt forureining i samband med hendingar ved sjøtransport av radioaktivt avfall, brukt brensel, og atomdrivne fartøy har vore eit viktig satsingsområde i 2019 som vil bli følgt opp vidare. DSA har òg ansvar for fagleg utgreiingsverksemd og tilsyn med radioaktiv forureining og for å koordinere nasjonal overvaking av radioaktiv forureining i det ytre miljøet, i samarbeid med andre relevante institusjonar og fagmiljø. DSA deltek òg i arbeidet med forvaltingsplanane for norske havområde.

Overvaking av radioaktiv forureining skal gi oppdatert informasjon om miljøtilstanden, og medverke til å oppdage eventuelle nye utslepp. Vidare skal overvakinga medverke til kunnskap om tilførsler og langtidsutvikling av forureininga. Det nasjonale overvakingsprogrammet for marint miljø er sentralt i vurderingane av måloppnåing i OSPAR.

Arbeidet med å medverke til at utslepp av radioaktive stoff blir unngått eller minimert frå dei ulike kjeldene er sentralt, i tillegg til arbeid med miljøutfordringar i nord- og polarområda, vurdering av norsk oppfylling av OSPARs mål, formidling og beredskap.

DSA leier arbeidet i radioaktivitetskomiteen til Oslo-Paris-kommisjonen (OSPAR), i tillegg til å leie ekspertgruppa for radioaktiv forureining under Den blanda norsk-russiske miljøvernkommisjonen. Overvakinga av tilstanden og potensielle utslepp frå den sokne ubåten Komsomolets skal styrkjast.

Etter invitasjon frå regjeringa gjennomførte Det internasjonale atomenergibyrået (IAEA) i 2019 ein heilskapleg gjennomgang av norsk forvaltning på strålevern- og atomtryggleiksområdet. Tilrådingane frå IAEAs team vil bli følgde opp i 2020 og framover, og ein revisjon vil finne stad om to til fire år.

Posten dekkjer utgifter som Direktoratet for strålevern og atomtryggleik har til løn og godtgjersle for fast og mellombels tilsette. Vidare dekkjer posten utgifter knytte til oppdragsverksemd, ordinære driftsutgifter og utgifter knytte til etaten si samla utgreiings- og rådgivingsverksemd på området radioaktiv forureining i det ytre miljøet.

Rapport 2018

I 2018 prioriterte DSA tilsynsverksemd. DSA deltok i tilsynsetatane sin fellesaksjon. Aksjonen medverka til auka samarbeid mellom tilsynsetatane. I tillegg til fellesaksjonen gjennomførde DSA 110 tilsyn. Dette var hovudsakleg dokumenttilsyn, men òg stadlege tilsyn vart gjennomførde.

Som ein del av forvaltninga av forureiningslova vart det i 2018 gitt 30 løyve. Av desse var 15 nye løyve, mens 15 var endringar i eksisterande løyve.

DSA har følgt opp pålegg gitt til IFE om å syte for auka lagringskapasitet og forsvarleg lagring av brukt brensel. Arbeidet har ikkje ønska framdrift og vil krevje ytterlegare oppfølging.

I sjette tilsynsmøte under Felleskonvensjonen våren 2018 blei det peika på fleire utfordringar, mellom anna tilstanden til lagra for brukt brensel og å sikre tilstrekkeleg lagringskapasitet og vidareutvikle nasjonal strategi for handtering av brukt brensel og radioaktivt avfall.

Noregs forvaltning etter forureiningslova av industriar med avfall og utslepp av stoff med menneskeleg forhøgd radioaktivitet vart identifisert som «area of good performance».

DSA følgjer opp tilrådingane frå Felleskonvensjonen i det vidare arbeidet med dekommisjonering av dei nukleære anlegga i Noreg og oppbevaring av norsk radioaktivt avfall, mellom anna gjennom kravstilling til operatør.

I arbeidet knytt til framtidige avfallstraumar og behandlingsbehov for radioaktivt avfall har oppfølging av utbetring av dei mellombelse lagringsforholda og utviding av lagringskapasiteten for IFEs brukte brensel vore prioritert. Vidare har DSA følgt arbeidet med ulike konseptvalutgreiingar (KVU/KS).

DSA deltek i dei ulike arbeidsgruppene for forvaltningsplaner, der Barentshavet har vore prioritert i perioden. Det faglege grunnlaget er venta å vere ferdig i 2019.

DSA har gitt innspel til Forskingsrådet om faglege prioriteringar og finansiering av norsk deltaking i Euratom-programmet. DSA deltek i Senteret for framifrå forsking (CERAD) og i Nordisk Kjernetryggleiksforsking (NKS). DSA arrangerte i mai den internasjonale konferansen «Radioactivity in the Arctic» der det vart lagt fram resultat av undersøkingar omkring potensielle radioaktive kjelder, radioaktiv forureining og kunnskap om konsekvensar av radioaktivitet på menneske og miljø.

DSA har òg delteke i OSPAR-arbeidet. I 2018 er det kartlagt kor vidt ein klarer å oppfylle krava fram mot 2020 og arbeidet fram mot ny strategi for neste tiår er starta opp. DSA arrangerte ekspertgruppemøte under den norsk-russiske miljøvernkommisjonen i Oslo i 2018. Det var semje om å vidareutvikle det faglege samarbeidet innanfor miljøovervaking, spesielt kvalitetssikring av måleresultat. Som del av det nasjonale miljøovervakingsprogrammet vart det på Havforskingsinstituttets årlege tokt i Barentshavet gjennomført prøvetaking i Barentshavet og ved ubåten Komsomolets. Den årlege prøvetakinga langs kysten ved faste kyststasjonar, i utvalde fjordar og i Skagerrak vart òg gjennomført. DSA har vidareført samarbeidet med UiO, NINA og NTNU om overvaking av radioaktivitet i limnisk og terrestrisk miljø. Lange og svært viktige tidsseriar frå 1986 er ivaretekne med innsamling av jord, planter, dyr og ferskvassfisk ved faste overvakingsområde. DSA har medverka med miljødata til miljøstatus.no, og eit felles resultatarkiv for radioaktivitetsdata er under utvikling.

DSA, i samarbeid med NILU, overvakar naturleg UV frå sola med ni stasjonar rundt i landet. Data frå 1996 til og med 2017 er nå offentleggjort på GitHub. DSA har investert i eit nytt instrument som blir installert på Østerås med tanke på vidareføring av målenettverket. Det nye instrumentet er forbetra og vil gi data som er særleg relevante i klimasamanheng.

Kap. 4423 Radioaktiv forureining i det ytre miljø

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Gebyr, radioaktiv forureining

1 000

Sum kap. 4423

1 000

Posten dekkjer inntekter som Direktoratet for strålevern og atomtryggleik har frå inntekter i samband med gebyr forankra i Forureiningslova §52a, forskrift om avgrensa utslepp kapittel 39. Kap. 1423 post 01 kan overskridast tilsvarande eventuelle meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II.

Kap. 1424 MAREANO

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast

52 298

Sum kap. 1424

52 298

Budsjettkapitelet og post 21 er lagt ned i 2019-budsjettet og midlane flytta til ny post 23 MAREANO under kap. 1410.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Posten er lagt ned og løyvinga flytta til kap. 1410 post 23.

Rapport 2018

MAREANO-programmet prioriterte i 2018 innsamling av djupnedata aust i Barentshavet, Svalbard (sokkelkant, Rijpfjorden, Kongsfjorden og Kvitøyrenna) og på sokkelen i Norskehavet. I 2018 var det lite sjøis, og det var derfor mogleg å sjømåle alle områda nord for Svalbard. Til saman vart det innsamla djupnedata frå 18 684 km2. Innsamling av geologi-, biologi- og kjemidata vart gjennomført i både djupe og grunne område i Kongsfjorden og Rijpfjorden. Dette var første gong MAREANO-programmet kartlegg geologi, biologi og kjemi i grunne område, og kartlegginga er gjennomført med høgare prøvetettleik enn i dei djupe områda. Til saman vart det samla inn geologi-, biologi- og kjemi-data frå 1 089 km2. Grunna mangel på fartøy til geologi-, biologi- og kjemi-tokt, så vart delar av løyvinga overført til innsamling av djupnedata.

MAREANO har blant anna produsert nye djupne- og terrengkart, geologiske og biologiske kart som inkluderer botntypar, landskap, naturtype- og biotopkart, sårbare biotopar, marint søppel, trålspor, produktivitets- og artsdata (www.mareano.no). Rapportering av resultat skjer gjennom www.mareano.no og Noreg digitalt (www.geonorge.no). Nokre av karta har blitt tilgjengeleg om bord på fiskefartøy.

Kap. 1425 Fisketiltak

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

21

Spesielle driftsutgifter

584

100

99

70

Tilskot til fiskeformål, kan overførast

14 233

16 696

17 145

Sum kap. 1425

14 817

16 796

17 244

Kap. 1425 Fisketiltak omfattar utgifter til fisketiltak og delar av fiskeforvaltinga. Midlane under kap. 1425 er primært retta mot resultatområde Naturmangfald, men involverer òg resultatområde Friluftsliv gjennom tilrettelegging for fiske.

Samla sett er løyvinga under kap. 1425 auka med om lag 0,5 mill. kroner. Utgiftene over kap. 1425 er finansierte ved avgift på fiske, som saman med utgifter til forvalting av ordninga under kap. 1420 post 01 og kap. 1410 post 50 korresponderer med inntektsløyvingane over kap. 5578 Sektoravgifter under Klima- og miljødepartementet post 72 Fiskaravgifter.

For nærare utgreiing om avgiftene og forholdet mellom kap. 1410, 1425, 1420, 5578 og inntektene til fondet, viser vi til omtale under kap. 5578.

Løn og godtgjersler til fast tilsette innan det statlege verksemdsområdet blir ikkje dekte over kap. 1425, men over kap. 1420 Miljødirektoratet og kap. 525 Fylkesmannsembeta.

Bruken av fondsmidlane blir drøfta med representantar for brukarinteressene. Dette må sjåast i samanheng med at arbeidet er basert på driftsplanar, og at dei sentrale ledda i frivillige organisasjonar skal arbeide for å oppnå den same målsetjinga.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Midlane under posten er retta mot resultatområda Naturmangfald og Friluftsliv.

Posten dekkjer utgifter til drift av betalingstenesta for fiskaravgiftene, informasjonstiltak og faglege prosjekt og oppdrag.

Rapport 2018

Løyvinga er nytta til drift av betalingstenesta for fiskaravgift og faglege prosjekt og oppdrag som gir eit betre kunnskapsunderlag for forvalting av anadrom laksefisk.

Post 70 Fiskeformål, kan overførast

Tilskotsordninga er retta mot resultatområda Naturmangfald og Friluftsliv. Løyvinga skal gå til å dekkje både lokale og sentrale tiltak.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å medverke til å sikre og utvikle bestandar av vill anadrom laksefisk og leggje til rette for og motivere til fiske etter anadrom laksefisk.

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er om ordninga medverkar til å nå målsetjingane for anadrom laksefisk. Den faktiske effekten av tilskota kan ikkje bedømmast frå år til år, men må vurderast i eit langsiktig perspektiv og i samanheng med andre verkemiddel og årsaksforhold.

Tildelingskriterium

Tiltak som kan få tilskot er tiltak knytte til informasjon om og forvalting av villaks, sjøaure og sjørøye, under dette kultiveringstiltak, driftsplanlegging, praktisk nytta forsking og overvaking. Det kan vidare bli gitt tilskot til tiltak som betrar tilgangen til og moglegheita for fiske for allmenta og tiltak retta mot rekruttering eller stimulering til fiske.

Oppfølging og kontroll

Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane leverer sluttrapportar og rekneskap og eventuelt framdriftsrapportar med rekneskap. Det blir gjort ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportane og rekneskapane.

Rapport 2018

I 2018 har det vore eit sentralt mål å gi tilskot til tiltak i regi av landsdekkjande organisasjonar knytte opp mot informasjon og forvalting av anadrom laksefisk. Det er òg ytt tilskot til tiltak retta mot rekruttering og stimulering til fiske. Det er vidare gitt tilskot til anvend forsking og overvaking.

Ein stor del av tilskotsposten er disponert av fylkesmennene for å støtte tiltak som informasjon, anvend forsking og overvaking, tilrettelegging og arrangement, kultiveringstiltak og driftsplanlegging. Samla har dette medverka til betre forvalting av laks, sjøaure og sjørøye, og ei meir berekraftig hausting av desse fiskeressursane. Tilskota har òg medverka til å styrkje kunnskapsgrunnlaget, til informasjon og formidling av tilstand og utfordringar knytte til anadrom laksefisk, og dei har medverka til å auke interessa for friluftsliv og fiske, særleg blant barn og unge.

Kap. 1428 Enova SF

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

50

Overføring til Klima- og energifondet

2 745 807

3 164 450

3 184 450

Sum kap. 1428

2 745 807

3 164 450

3 184 450

Statsføretaket Enova er eit sentralt verkemiddel i arbeidet med å fremje innovasjon og utvikling av nye klima- og energiløysingar. Enova er lokalisert i Trondheim og hadde om lag 73 årsverk i 2018.

Enovas oppgåver er nærare beskrivne i ei styringsavtale mellom departementet og Enova om forvaltinga av midlane frå Klima- og energifondet. Avtala legg rammer for Enovas verksemd, set mål for aktiviteten og stiller krav til rapportering. Avtala skal sikre at midlane frå fondet blir forvalta i samsvar med dei måla og føresetnadene som ligg til grunn for Stortingets vedtak om opprettinga av fondet og andre rammer som gjeld for bruken av fondet sine midlar.

I Meld. St. 25 (2015–2016) om energipolitikken mot 2030 vart Enovas rolle gjennomgått og perspektiv for den vidare utviklinga av føretaket lagt fram. Stortinget slutta seg til at dei overordna måla for Enova skal vere reduserte klimagassutslepp, styrkt forsyningstryggleik for energi og utvikling av klima- og miljøteknologi, og at Enova framleis skal ha stor fagleg fridom til å utvikle verkemiddel og tildele enkeltprosjekt, jf. Innst. 401 S (2015–2016).

Styringsavtala gir Enova langsiktige økonomiske rammer og stor fagleg fridom. Styringsmodellen gir Enova høve til å utnytte dei ressursane som er stilte til rådvelde effektivt.

Mål for Enova

Inneverande fireårige avtale mellom departementet og Enova om forvaltinga av midlane frå Klima- og energifondet har vend Enova sitt fokus mot klima og innovasjon. Det har mellom anna betydd ei styrkt satsing på å redusere utslepp i transportsektoren og andre ikkje-kvotepliktige næringar og innovative løysingar tilpassa lågutsleppssamfunnet.

Enova og Klima- og energifondet sitt formål er å medverke til reduserte klimagassutslepp og styrkt forsyningstryggleik for energi, og teknologiutvikling som på lengre sikt òg medverkar til reduserte klimagassutslepp.

I tillegg til formålet, er det fastsett delmål i styringsavtala om at Enova skal fremje:

  • 1. Reduserte klimagassutslepp som medverkar til å oppfylle Noregs klimaforplikting for 2030.

  • 2. Auka innovasjon innan energi- og klimateknologi tilpassa omstillinga til lågutsleppssamfunnet.

  • 3. Styrkt forsyningstryggleik gjennom fleksibel og effektiv effekt- og energibruk.

Enova skal etablere verkemiddel med sikte på å oppnå varige marknadsendringar. I lågutsleppssamfunnet må det vere slik at dei miljøvennlege og klimavennlege løysingane blir føretrekte utan støtte. Enova skal prioritere innsatsen der høvet til å påverke utviklinga er størst og mot teknologiar og løysingar som er tilpassa lågutsleppssamfunnet.

Enova skal fremje reduserte klimagassutslepp som medverkar til å oppfylle Noregs klimaforplikting for 2030. Det er likevel viktig at teknologien og løysingane som blir støtta er tilpassa lågutsleppssamfunnet. På denne måten medverkar marknadsendringa Enova søkjer å oppnå til omstillinga til lågutsleppssamfunnet. Transport står for over halvparten av ikkje-kvotepliktige klimagassutslepp. Enova har derfor mykje merksemd retta mot teknologiar og løysingar som kan redusere transportutslepp. På land støttar Enova tiltak som drivstoffinfrastruktur, produksjon av biogass og innkjøp av tyngre yrkeskjøretøy med nullutslepp. På sjø støttar Enova tiltak som medverkar til ein grønare maritim sektor med lågare utslepp, mellom anna batterihybridisering, infrastruktur for landstraum og innovative energi- og klimavennlege løysingar. Regjeringa vil følgje opp områdegjennomgangen av klimaretta verkemidel ved mellom anna å spisse Enova som klimaverkemiddel i neste avtaleperiode, som startar 1. januar 2021.

Regjeringa vil styrkje satsinga på reduserte klimagassutslepp frå ikkje-kvotepliktig sektor. Som gjort greie for under «Politikk for å nå dei nasjonale måla for klima» har regjeringa derfor gjennom eit tillegg til avtalen med Enova gitt Enova i oppdrag å administrere eit Nullutsleppsfond for næringstransport som skal støtte auka marknadsintroduksjon og -vekst for batteri-, hydrogen- og biogassløysingar både på land og på sjø. Dette vil medverke til reduserte utslepp i ikkje-kvotepliktig sektor, og omstilling av næringstransport, på ein måte som supplerer Enovas eksisterande satsing godt. Enovas eksisterande satsingar på fylle- og ladeinfrastruktur for nullutsleppstransport held fram under ramma av den eksisterande styringsavtala. Det same gjer Enovas eksisterande satsingar på ny teknologi i transport. Enova vil koordinere satsingane opp mot kvarandre, slik at dei til saman utgjer ein heilskap og medverkar til mest mogleg kostnadseffektiv omstilling. Over dei to åra 2019 og 2020 stilles det over 1 mrd. kroner til disposisjon for Nullutsleppsfondet. Frå 2021 legg departementet opp til at styringa av Nullutsleppsfondet blir omfatta av Enovas ordinære styringsavtale for neste avtaleperiode. I løpet av dei første to vekene etter oppstart av ordninga gav Enova tilsegn om støtte på til saman 68,6 mill. kroner til 2 331 elektriske varebilar.

Utvikling av ny energi- og klimateknologi er essensielt for å få til den naudsynte omstillinga til eit lågutsleppssamfunn. Gjennom rådgiving og finansiell støtte reduserer Enova aktørane sin risiko og aukar takten på utvikling og testing av innovative, meir klimavennlege og energieffektive teknologiar. Med dette er Enova med på å leggje grunnlaget for eit meir energieffektivt og klimavennleg næringsliv i framtida. Målet med teknologiprosjekta er å hauste erfaringar som medverkar til kompetanseutvikling, innovasjon og spreiing av teknologi både nasjonalt og internasjonalt.

Enova skal fremje styrkt forsyningstryggleik gjennom fleksibel og effektiv effekt- og energibruk. Eit robust, effektivt og fleksibelt energisystem er ein føresetnad for omstillinga til lågutsleppssamfunnet. Tiltak som medverkar til å avgrense belastninga på straumnettet er viktig for å sikre at omstillinga til lågutsleppssamfunnet ikkje trekkjer med seg store kostnader i energisektoren og unødvendige naturinngrep. Slike tiltak kan mellom anna innebere reduksjon av spisslast gjennom for eksempel betre isolerte bygg, auka fleksibilitet mellom energiberarar i form av for eksempel fjernvarme, meir fleksibilitet i elektrisitetsbruken i for eksempel fjernstyring av apparat, betre nettplanlegging gjennom meir informasjon om forbruk og betre integrerte områdeløysingar med element av dei føregåande. I arbeidet med ny styringsavtale med Enova vil regjeringa vurdere om dagens målstruktur er føremålstenleg, under dette Enovas arbeid med forsyningstryggleik.

I tillegg til formålet, delmåla og andre rammer i avtala er det utarbeidd fire målindikatorar som undervegs i avtaleperioden skal gi indikasjon på Enovas måloppnåing. Målindikatorane utgjer eitt av fleire grunnlag for styringsdialogen mellom departementet og Enova. Hittil i avtaleperioden har Enova oppnådd betre resultat enn venta på målindikatoren for klima, og Enova ligg an til å overoppfylle denne før 2020. I tilleggsavtala om opprettinga av eit Nullutsleppsfond er målindikatoren justert opp frå 0,75 til 1 million tonn CO2-ekvivalentar. Dette er i hovudsak på bakgrunn av prosjekttilgangen hittil i perioden, men det tek òg omsyn til dei nye midlane til Nullutsleppsfondet.

Styringsavtala stiller òg opp særlege vilkår på enkelte område, som Enova skal følgje opp gjennom sine program. Enova skal:

  • medverke til utvikling av drivstoffinfrastruktur for utsleppsfri land- og sjøtransport, under dette elektrisitet og hydrogen.

  • tilby ei ordning for offentleg tilgjengeleg ladeinfrastruktur for elbil. Støtta skal ikkje gjelde for privatpersonar.

  • tilby ei rettsbasert ordning for enøk-tiltak i hushald. Ordninga skal vere knytt til skattesystemet slik at brukarar òg kan velje å få utbetalt støtta som en del av det årlege skatteoppgjeret. Enova skal årleg stille til disposisjon minimum 250 mill. kroner til denne ordninga.

  • ha eit landsdekkjande tilbod av informasjons- og rådgivingstenester.

  • ta vare på drifta og utviklinga av energimerkeordninga og ordninga for energivurdering av tekniske anlegg.

Som varsla i fjordårets budsjett har departementet mjuka opp ordlyden i det andre særlege vilkåret ved å fjerne ordet rettsbasert, slik at det ikkje legg avgrensingar for korleis Enova kan utvikle treffsikre verkemiddel for å medverke til utbygging av offentleg tilgjengeleg ladeinfrastruktur. Dette vart gjennomført ved eit sidebrev til avtala. Enova kan no definere geografiske område, strekningar og/eller knutepunkt der etablering av hurtigladarar vil vere utløysande for ein vidare vekst både i kjøp og bruk av elbil og den kommersielle lademarknaden. Ei slik ordning vil kunne byggje vidare på dei erfaringane Enova har frå dei streknings- og konkurransebaserte utlysningane for hurtigladarar og den konkurransebaserte ordninga for etablering av landstraumanlegg i norske hamner. Enova vil i 2019 og 2020 utlyse konkurransar om områdeutbygging av offentleg tilgjengeleg ladeinfrastruktur i utvalte område der det framleis er behov for offentleg støtte. Første utlysing var for Nord-Troms og Finnmark og hadde søknadsfrist 7. juni.

Resultatrapport 2018

I 2018 rekneskapsførte Enova eit administrasjonstilskot på 155 mill. kroner. Enova hadde eit positivt årsresultat på om lag 3,5 mill. kroner, som vart overført til annan eigenkapital. Annan eigenkapital var om lag 25,7 mill. kroner per 31. desember 2018.

Enova og Klima- og energifondets formål er å medverke til reduserte klimagassutslepp og styrkt forsyningstryggleik for energi, samt teknologiutvikling som på lengre sikt òg medverkar til reduserte klimagassutslepp. I styringsavtala har Enova tre delmål som presiserer formålet nærare:

  1. Reduserte klimagassutslepp som medverkar til å oppfylle Noregs klimaforplikting for 2030

    Enova skal prioritere prosjekt som gir reduserte klimagassutslepp. Transport står for over halvparten av ikkje-kvotepliktige klimagassutslepp. Enova har derfor mykje merksemd retta mot teknologiar og løysingar som kan redusere transportutslepp. Til saman gav Enova tilsegn om tilskot på over 800 mill. kroner til prosjekt i transportsektoren i 2018. Satsinga er breitt innretta mot både gods- og persontransport på land og til sjøs. Enova støttar blant anna utbygging av ladeinfrastruktur og landstraum, produksjon av biogass og utvikling av ny transportrelatert energi- og klimateknologi.

  2. Auka innovasjon innan energi- og klimateknologi tilpassa omstillinga til lågutsleppssamfunnet.

    Enova skal prioritere innsatsen der høva til å påverke utviklinga er størst, og mot teknologiar og løysingar som er tilpassa lågutsleppsamfunnet. Målet med teknologiprosjekta er å hauste erfaringar som medverkar til kompetanseutvikling, innovasjon og spreiing av teknologi både nasjonalt og internasjonalt. I 2018 gav Enova tilsegn om støtte på om lag 520 mill. kroner til teknologiprosjekt. Blant anna støtta Enova elektrisk smelteomn for steinullsproduksjon, hydrogenbussar, dype geotermiske energibrønnar og system for auka utnytting av fleksibilitet i distribusjonsnettet. I verkemiddelutforminga legg Enova til rette for global spreiing og påfølgjande utsleppsreduksjonar også utanfor Noreg. Gjennom rådgiving og finansiell støtte reduserer Enova aktørane sin risiko og aukar takten på energiomlegginga mot meir klimavennlege, energieffektive og konkurransedyktige sektorar.

  3. Styrkt forsyningstryggleik gjennom fleksibel og effektiv effekt- og energibruk.

    Enova skal stimulere til auka innovasjonstakt og ei utvikling som underbyggjer og forsterkar forsyningstryggleiken. Svært mange klimatiltak inneber bruk av elektrisitet i staden for fossile energiberarar, og eit robust, effektivt og fleksibelt energisystem er ein føresetnad for omstillinga til lågutsleppsamfunnet. Tiltak som medverkar til å avgrense belastninga på nettet er viktige for å sikre at omstillinga til lågutsleppsamfunnet ikkje trekkjer med seg store kostnader i energisektoren og unødvendige naturinngrep. Enova støttar opp under ei utvikling som blant anna inneber reduksjon av spisslast gjennom for eksempel betre isolerte bygg, auka fleksibilitet mellom energiberarar i form av for eksempel fjernvarme, meir fleksibilitet i elektrisitetsbruken i form av for eksempel fjernstyring av apparat, betre nettplanlegging gjennom meir informasjon om forbruk og betre integrerte områdeløysingar med element av dei føregåande.

Styringsavtala stiller òg opp særlege vilkår på enkelte område, som Enova skal følgje opp gjennom sine program. Enova skal:

  • medverke til utvikling av drivstoffinfrastruktur for utsleppsfri land- og sjøtransport, under dette elektrisitet og hydrogen.

  • tilby ei rettsbasert ordning for offentleg tilgjengeleg ladeinfrastruktur for elbil. Støtta skal ikkje gjelde for privatpersonar.

  • tilby ei rettsbasert ordning for enøktiltak i hushald. Ordninga skal vere knytt til skattesystemet slik at brukarar også kan velje å få utbetalt støtta som ein del av det årlege skatteoppgjeret. Enova skal årleg stille til disposisjon minimum 250 mill. kroner til denne ordninga.

  • ha eit landsdekkjande tilbod av informasjons- og rådgivingstenester.

  • ta vare på drifta og utviklinga av energimerkeordninga og ordninga for energivurdering av tekniske anlegg.

Enova har brei aktivitet retta mot drivstoffinfrastruktur for utsleppsfri land- og sjøtransport og tildelte i 2018 om lag 350 mill. kroner i støtte til slike prosjekt. Enova støttar hurtigladeinfrastruktur for elbiler, landstraum til skip, hydrogeninfrastruktur, nødvendig infrastruktur i samband med støtte til innkjøp av tyngre nullutslepps- og biogasskøyretøy og infrastruktur for kommunal og fylkeskommunal kollektivtransport. Denne støtta skal byggje opp under ei marknadsdriven utbygging av infrastruktur og medverke til å skape varig marknadsendring.

Den rettsbaserte ordninga for enøktiltak i hushald, Enovatilskotet, viser god framgang med 15 474 støtta prosjekt i 2018. Utbetalingane er auka frå 165 mill. kroner i 2017 til 275 mill. kroner i 2018. Enova utformar ordninga med sikte på å kunne utbetale om lag 250 mill. kroner i året i tilskot til private hushald. På Enovas nettsider kan ein fortløpande følgje med på statistikk for Enovatilskotet.

Sjølv om mykje av læringa er knytt til førebuing og gjennomføring av prosjekt, har Enova òg ei brei satsing på informasjon og rådgiving. Samla er dette med på å medverke til auka kunnskap i samfunnet om høva til å ta i bruk energieffektive og klimavennlege løysingar. «Enova svarer» er ei nasjonal svarteneste for hushald og profesjonelle aktørar. Svartenesta svara på nesten 80 000 førespurnader i 2018.

Kontraktsfesta resultat i 2018

Enova gav i 2018 tilsegner om støtte på 2,1 mrd. kroner. Desse prosjekta er venta å utløyse i underkant av 7 mrd. kroner frå marknaden. Dette vil gi ei samla investering på om lag 9 mrd. kroner i prosjekt vedtekne i 2018.

I tillegg til andre rammer i avtala er det utarbeidd fire målindikatorar som undervegs i avtaleperioden skal gi indikasjon på Enovas måloppnåing og utgjere eitt av fleire grunnlag for styringsdialogen mellom departementet og Enova. For avtaleperioden 1. januar 2017 til 31. desember 2020 er det lagt til grunn at følgjande nivå indikerer god måloppnåing:

  • klimaresultat tilsvarande 0,75 mill. tonn CO2-ekvivalentar i ikkje-kvotepliktig sektor

  • energiresultat tilsvarande 4 TWh

  • effektresultat tilsvarande 400 MW

  • innovasjonsresultat tilsvarande utløyst innovasjonskapital på 4 mrd. kroner

I 2018 gav Enova tilsegner til prosjekt med kontraktsfesta klimaresultat på 0,24 mill. tonn CO2-ekvivalentar, energiresultat på 1,6 TWh, effektresultat på 123 MW og innovasjonsresultat på 1,2 mrd. kroner i privat innovasjonskapital. Enova gav tilsegner om tilskot til om lag 1 000 små og store prosjekt og over 14 000 energitiltak i hushalda.

Kontraktsfesta resultat er venta årleg resultat frå prosjekt som har fått tilsegn om støtte. Støtta blir utbetalt etter kvart som støttemottakar kan dokumentere framdrift i prosjektet.

Tabell 7.6 Klima- og energifondets resultat og disponeringar i 2018, korrigert for kanselleringar

Område

Disponerte midlar (mill. kroner)

Klimaresultat (kg/tonn CO2- ekv.)

Energiresultat (GWh/år)

Effektresultat (MW)

Innovasjonsresultat (mill. kroner)

Industri

407

41

423

28

412

Transport

817

179

696

4

460

Energisystemet

160

3

117

55

60

Bygg og eigedom

444

11

237

36

264

Bustad og forbrukar

275

9

87

Internasjonalt

4

Rådgiving og kommunikasjon

45

Eksterne analysar og utviklingstiltak

20

Administrasjon

155

Sum disponerte midlar og resultat

2 326

Enova gav 431 mill. kroner i støtte til 191 industriprosjekt, som utgjorde 19 pst. av totalt tildelt støtte i 2018. Industriprosjekta medverkar sterkt med resultat på alle målindikatorane. Sektoren er nest største bidragsytar på innovasjons-, klima- og energiresultat.

Enova gav 817 mill. kroner i støtte til 203 prosjekt innanfor transportsektoren, som utgjorde i underkant av 40 pst. av totalt tildelt støtte i 2018. Transport er den sektoren som har størst potensial for å gjennomføre klimatiltak utanfor kvotepliktig sektor. Transportprosjekta utgjorde mesteparten av klimaresultata i 2018, men medverka òg med ein stor del av resultata innanfor energi og innovasjon.

Prosjekt som vidareutviklar energisystemet tok imot 160 mill. kroner i støtte, som utgjorde 8 pst. av totalt tildelt støtte i 2018. Av dei 34 prosjekta som fekk støtte, var 26 fjernvarmeprosjekt. Denne sektoren medverkar med dei største effektresultata i Enovas portefølje, og er den sektoren som medverkar mest reindyrka til styrking av forsyningstryggleiken.

Bygg og eigedom er den sektoren der Enova har støtta flest prosjekta i 2018, totalt 556 prosjekt, og der støtte til varmesentralar utgjorde 201 av desse. Til saman fekk bygg og eigedom 444 mill. kroner i støtte, noko som utgjorde 21 pst. av totalt tildelt støtte i 2018. Prosjekta er kvar for seg små, men totalt medverkar denne sektoren spesielt godt på forsyningstryggleik og noko på innovasjon.

Bustad og forbrukar er ein viktig sektor for å skape eit breitt engasjement og fokus på gjennomføring av energi- og klimatiltak. Den er òg viktig sett i eit energisystemperspektiv for å utvikle samspelet mellom energisystem, transport og bygg. Sektoren er kjenneteikna av mange små prosjekt. Denne sektoren medverkar med både energi- og klimaresultat. Den viktigaste satsinga her er Enovatilskotet, som utgjorde om lag 13 pst. av totalt tildelt støtte i 2018.

Samla resultatrapport for avtaleperioden 2012–2016

Avtaleperioden vart i 2015 utvida med eitt år for å ta inn nye føringar for satsinga på miljøvennleg transport og ei rettsbasert ordning for enøktiltak i hushalda. Resultatmålet vart samtidig auka til 7 TWh innan utgangen av 2016.

Korrigert for kanselleringar kontraktsfesta Enova energi- og klimaresultat tilsvarande 9,2 TWh for perioden 2012–2016, og oppfylte dermed resultatmålet med god margin.

Tabell 7.9 gir ei oversikt over disponerte midlar, kontraktsfesta energiresultat, forventa resultat frå igangsette anlegg, sluttrapporterte energiresultat og realiserte energiresultat per satsingsområdeområde for perioden 2012–2016. Tabellen viser at 96 prosent av energiresultatet er knytt til prosjekt som er sette i gang, sluttrapporterte eller realiserte.

Tabell 7.7 Disponerte midlar, kontraktsfesta energiresultat, prosjekt under gjennomføring og sluttrapportert energiresultat etter marknadsområde (2012–2016)1

Område

Disponert (mill. kr)

Kontraktsfesta GWh/år

Igangsett GWh/år

Sluttrapportert GWh/år2

Realisert GWh/år3

Fornybar varme

1 346

1 195

580

473

150

Fornybar kraft

50

20

5

14

1

Industri

4 326

4 876

840

3 920

217

Transport

1 048

821

236

396

Anlegg

154

135

22

108

1

Yrkesbygg

2 201

1 788

373

1 000

124

Bustad

501

206

130

66

0

Sum

9 626

9 040

2 186

5 977

493

Av dette ny teknologi

3 405

772

289

231

1

1 Alle talla er korrigerte for kansellerte prosjekt.

2 Når eit prosjekt er sluttrapportert inneber det at anlegget er ferdig bygt, men ikkje henta ut realisert resultat per utgangen av 2018.

3 Sluttrapporterte prosjekt blir følgde opp med måling og verifisering av resultata tre år etter at sluttrapporten er levert.

Post 50 Overføring til Klima- og energifondet

Løyvinga omfattar samla overføringar til Klima- og energifondet inkludert inntekter frå påslag på nettariffen, jf. kap. 5578, post 73.

Det er foreslått ei løyving på 3 184, 45 mill. kroner og ei fullmakt til å gi tilsegn på inntil 400 mill. kroner utover gitt løyving, jf. forslag til vedtak VI. Inntektene frå påslaget på nettariffen utgjer 690 mill. kroner.

Tildelings- og oppfølgingskriterium

Enova har fullmakt til å utforme verkemiddel i samsvar med rammene i styringsavtala med departementet, oppdragsbrev, føresegner og statlege regelverk. Midlane frå Klima- og energifondet skal forvaltast på ein slik måte at måla blir nådd og pålagte oppgåver utført mest mogleg kostnadseffektivt. Verkemidla som blir nytta skal utformast for å utløyse tiltak som elles ikkje ville ha blitt realiserte og skal ta sikte på å oppnå varige marknadsendringar. Enovas verkemiddel skal ikkje intervenere i allereie vel fungerande marknader.

Boks 7.4 Eksempel på prosjekt støtta i 2018

Ny energi- og klimateknologi i industrien: Rockwool Group fikk i 2018 101,5 mill. kroner i støtte til ein ny generasjon smelteomn basert på elektrisitet. Dette vil kutte klimagassutsleppa frå produksjonen med over 80 pst., eller om lag 32 000 tonn CO2-ekvivalentar frå 2021. Den nye teknologien reduserer avfall frå steinullsproduksjonen med 90–95 pst. og gjer fabrikken i stand til å handtere og resirkulere steinull frå byggjeplassar som medverkar til sirkulærøkonomien i Noreg. Globalt har Rockwool utslepp på 1,7 mill. tonn CO2-ekvivalentar, og dette pilotprosjektet er eit ledd i å redusere desse.

Ny energi- og klimateknologi i maritim sektor: Havila Kystruten fekk i 2018 88 mill. kroner i støtte fordelt på fire nye skip, for å gjere fartøya så energieffektive som mogleg. For at ein nullutsleppsseglas Bergen-Kirkenes ein gong skal bli oppnåeleg, er det heilt avgjerande med energieffektive fartøy, og at så mykje som mogleg av energien som blir brukt både blir gjenvunnen og utnytta på nytt. Satsinga på energieffektiv drift opnar opp for innovative løysingar som ikkje har vore utprøvde i bransjen tidlegare. Uavhengig av om framdriftssystema for skip er basert på batteri, hydrogen eller ein kombinasjon av energiberarar må fartøya vere energieffektive.

Fornybar varme: Moelven Industrier fekk i 2018 66 mill. kroner i støtte til klimavennleg pelletsproduksjon. Moelven byggjer ein ny pelletsfabrikk og eit nytt bioenergianlegg på Sokna utanfor Hønefoss. Satsinga tek i bruk banebrytande løysingar, der energi og flisprodukt frå Moelvens sagbruk i regionen blir brukt til pelletsproduksjon. Når fabrikken står ferdig tidleg i 2020 vil den syte for at pelletsproduksjonen i Noreg blir fordobla. Moelven reknar med at fabrikken vil gi 8–10 nye arbeidsplassar, og investeringa har ei totalramme på 270 mill. kroner.

Fleksibilitet i energisystemet: Med Troms Kraft Nett i spissen har eit konsortium beståande av ti ulike aktørar fått 0,9 mill. kroner i støtte til ei konseptutgreiing som skal greie ut alternativ til nettforsterking. Lokalsamfunna Senjahopen og Husøy på Senja er sårbare for nettutfall og har i utgangspunktet stort behov for forsterking av straumnettet. Prosjektet består av regionalt nettselskap, spesialist på energilagring i kraftnett, programvareleverandør, og spesialist på kraftmarknad og solstraumproduksjon. Prosjektet vurderer høve til ein lokal fleksibilitetsmarknad, lokalt produsert sol- og vindenergi, og flytting og styring av last. Spesielt industribedriftene er aktuelle for effektstyring, men også bustader og næringskundar inngår i prosjektet. På sikt kan prosjektet gi viktige erfaringar i kva som kan gjerast for å finne optimal utbyggingsstrategi for nett i grisgrendte strøk.

Enovas tildeling av midlar frå Klima- og energifondet skal skje etter objektive og transparente kriterium. Kriterium for kvart enkelt verkemiddel eller ordning skal publiserast.

EFTAs overvakingsorgan (ESA) er ansvarleg for å overvake at norske styresmakter overheld EØS-avtalas reglar om offentleg støtte. Enovas notifisering av støtteordningane under Klima- og energifondet er godkjent av ESA fram til 2022. Notifisering av Klima- og energifondet til ESA føreset at Enova nyttar lån på vilkår som verkemiddel for store demonstrasjonsprosjekt. Dersom eit demonstrasjonsprosjekt er vellykka, beheld mottakar verdien av teknologien. Ved å gi lån på vilkår unngår ein å overkompensere industrien. Det er lagt opp til at Enova kan gi tilsegn om inntil 60 pst. av godkjente kostnader i lån. Renter på lån skal ikkje vere lågare enn marknadsrentene i tråd med ESAs retningslinjer. I tilfelle der teknologien lykkast, skal lån frå Enova nedbetalast når den teknologiske risikoen i prosjektet er avklart.

Venteleg vil ikkje alle demonstrasjonsprosjekt oppnå ønskt resultat og enkelte lån på vilkår må gjerast om til tilskot som følgje av at teknologiar ikkje lykkast. Det er derfor føreslått at Enova får fullmakt til å gjere om lån på vilkår til tilskot etter forhandsdefinerte og føreseielege vilkår, jf. forslag til vedtak XII.

Søknader om lån skal behandlast etter dei same kriteria og rutinane som i dag gjeld for tilskot. Søknad om tilskot eller lån skal innehalde informasjon som angir korleis tiltaket vil underbyggje relevante delmål og tilfredsstille dei krava som er stilt til resultatrapportering. Enovas utlysingar under kvart enkelt verkemiddel skal spesifisere ytterlegare kva opplysningar som er påkravd knytt til det enkelte program, ordning eller verkemiddel.

Styringsavtala pålegg Enova å sikre at dei ikkje unødig forstyrrar dei marknadene dei rører ved med sine verkemiddel, men heller rettar opp marknadssvikt og byggjer ned barrierar. Enova skal nytte tredjepartsvurderingar framfor å byggje opp særleg kredittvurderingskompetanse.

Tilsegn om tilskot, lån og andre forpliktingar må haldast innanfor disponibel ramme og fullmakter for Klima- og energifondet. Midlar frå tilbakebetalte eller refinansierte lån skal resirkulerast i fondet.

Kap. 5578 Sektoravgifter under Klima- og miljødepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

72

Fiskaravgifter

17 540

19 000

19 460

73

Påslag på nettariffen til Klima- og energifondet

695 807

670 000

690 000

Sum kap. 5578

713 347

689 000

709 460

Post 72 Fiskaravgifter

Fiskaravgiftene som blir innbetalte til Statens fiskefond er inntektsførte i statsbudsjettet på denne posten.

Nærare om Statens fiskefond

Fiskaravgift til staten skal betalast for fiske i vassdrag med anadrome laksefisk. Det skal òg betalast avgift for fiske med fastståande reiskap i sjøen. Det er innført visse unntak, blant anna for fiske i medhald av reindriftslovgivinga og til undervisnings- eller behandlingsformål.

Bruken av midlane blir fastsett gjennom statsbudsjettet.

Inntekter og avgiftssatsar

Inntektene til Statens fiskefond kjem frå fiskaravgift på fiske etter anadrome laksefisk. Ordninga med Statens fiskefond synleggjer at tilretteleggingstiltak, og delar av fiskeforvaltinga retta inn mot anadrome fiskearter, for ein stor del er baserte på brukarfinansiering.

Årsavgiftene for fiske etter anadrom laksefisk gjeld frå og med 1. januar til og med 31. desember, og vart sist justerte i 2019. For 2020 gjer regjeringa ikkje framlegg om å endre avgiftene. Årsavgifta for fiske etter anadrom laksefisk i vassdrag i 2020 blir 272 kroner for enkeltpersonar, mens familieavgifta blir 434 kroner. Familieavgifta gjeld for ektefelle/sambuarar med eventuelle barn mellom 18 og 20 år.

Personavgifta for fiske med fastståande reiskap i sjøen med sesongstart før 1. juli blir på 679 kroner, mens satsen for dei som har fiskestart etter 1. juli blir 412 kroner.

Inntektene frå avgiftene gjer at det er budsjettert med ein kapitalstraum i Statens fiskefond som vist i tabellen nedanfor.

Tabell 7.8 Berekning av kapital i Statens fiskefond i 2020

(i 1 000 kr)

Saldo pr. 31.12.181:

4 684

Budsjettert innbetalt i 20192:

18 071

Budsjettert refusjon i 2019 (utbetalingar frå fondet):

-19 000

Budsjettert saldo pr. 31.12.19:

3 755

Budsjettert innbetalt i 20203:

17 289

Budsjettert refusjon i 2020 (utbetalingar frå fondet):

-19 460

Budsjettert saldo pr. 31.12.20

1 584

1 Saldo pr. 31.12.2018 inkluderer 1 mill. kroner som ved ein feil ikkje vart utbetalt frå fondet og inn på kap. 5578 post 72 før rekneskapsåret 2018 var avslutta.

2 Talet inkluderer stipulerte renteinntekter på 0,1 mill. kroner

3 Talet inkluderer stipulerte renteinntekter på 0,1 mill. kroner.

Administrasjon og økonomiforvaltning

Statens fiskefond blir forvalta av Klima- og miljødepartementet ved Miljødirektoratet. Utgiftene over statsbudsjettet skal normalt svare til dei inntektene ein ventar at fondet vil ha same året. Eventuelle overskytande inntekter skal overførast og blir kapitaliserte i fondet.

Inntektene over kap. 5578 post 72 finansierer utgifter til fisketiltak og fiskeforvalting over kap. 1425 (post 21 og 70) og kap. 1420 (post 01), og forsking på fiskeressursar over kap. 1410 (post 50).

Planlagt bruk av inntektene frå fiskaravgiftene går fram av tabellen nedanfor.

Tabell 7.9 Samla ressursbruk finansiert av inntekter til Statens fiskefond i 2020

(i 1 000 kr)

Formål

Prosjekt, utgreiingar (kap. 1425.21)

99

Meirverdiavgift som er ført under Finansdepartementet

25

Tilskot til fiskeformål (kap. 1425.70):

17 145

Sum under kap. 1425:

17 269

Tilskotsforvalting i Miljødirektoratet(kap. 1420.01)

1 208

Fiskeforsking, NINA (kap. 1410.50):

983

Totalsum

19 460

Spesielt om lokale tiltak

I fordelinga av fondsmidlane, frårekna naudsynte driftsutgifter, er målet at minst 50 pst. av midlane går til tiltak som er initierte lokalt. Andre tiltak som er meinte å gi effekt for eit avgrensa område, eit bestemt vassdrag eller fjordområde, og der lokale aktørar deltek i stor grad, blir rekna som lokale tiltak, sjølv om dei er initierte og administrerte av offentleg forvalting, organisasjonar eller institusjonar på sentralt nivå.

Post 73 Påslag på nettariffen til Klima- og energifondet

Omsetningskonsesjonærar som tarifferer for uttak av elektrisk energi skal i samband med fakturering leggje eit påslag på tariffen til alle sluttbrukarar på alle nettnivå.

For hushaldsbruk skal påslaget utgjere 1 øre/kWh. For andre sluttbrukarar enn hushald skal påslaget utgjere 800 kroner/år per målepunkt-ID.

Bidraget omsetningskonsesjonærar skal betale til Klima- og energifondet er 1 øre/kWh multiplisert med den energimengda som er fakturert hushaldsbruk, og summen av påslag per målepunkt-ID som er fakturert andre sluttbrukarar enn hushald, i gjeldande termin. Enova står for innkrevjing og oppfølging av påslaget mot nettselskapa som blir innbetalt til Klima- og energifondet.

Oppfølging av oppmodingsvedtak

Samane si deltaking i konsultasjon knytt til Tana-avtala

Vedtak nr. 93, 4. desember 2018

«Stortinget ber regjeringen gjennomgå anbefalingene i årsmeldingen for 2017 fra Norges nasjonale institusjon for menneskerettigheter og komme tilbake til Stortinget på egnet måte med hvordan anbefalingene er fulgt opp.»

Vedtaket vart gjort ved behandling av Dokument 6 (2017–2018), jf. Innst. 78 S (2018–2019), Årsmelding for 2017 fra Norges nasjonale institusjon for menneskerettigheter.

Klima- og miljødepartementet viser til at Noregs nasjonale institusjon for menneskerettar (NIM) fremja i si årsmelding for 2017 (Dokument 6 (2017–2018)) følgjande tilråding vedrørande Tana-avtala mellom Noreg og Finland:

«Samenes reelle deltakelse og mulighet til effektiv innvirkning må sikres bedre i denne typen prosesser. En lovfesting av konsultasjonsplikten vil kunne bidra til økt kjennskap til, og respekt for, menneskerettslige krav til konsultasjoner. »

Klima- og miljødepartementet rapporterer, i samråd med Kommunal- og moderniseringsdepartementet, følgjande:

Staten har ei folkerettsleg plikt til å konsultere med samane i saker som vil kunne berøre samiske interesser direkte. I dag er plikta gjennomført i norsk rett gjennom Prosedyrer for konsultasjoner mellom statlige myndigheter og Sametinget, frå 2005. Regjeringa fremja hausten 2018 Prop. 116 L (2017–2018) Endringer i sameloven mv. (konsultasjoner). Dei føreslåtte lovreglane om konsultasjonar byggjer på folkerettens reglar og dagens konsultasjonsprosedyrar.

Kommunal- og forvaltningskomiteens fleirtal innstilte på at lovforslaget måtte sendast på høyring (Innst. 253 L (2018–2019) Endringer i sameloven mv.). I tillegg bad komiteen om at utkast til rettleiar om konsultasjonar for kommunar og fylkeskommunar skulle sendast på høyring samtidig. Stortinget fatta 9. mai 2019 oppmodingsvedtak i tråd med komiteens innstilling (vedtak nr. 508 (2018–2019)). Stortinget vedtok å sende saka tilbake til regjeringa, og oppmoda regjeringa om å sende forslag til endringar i samelova, jf. Prop. 116 L (2017–2018) ) Endringer i sameloven mv. (konsultasjoner), ut på høyring før saka vart fremja for Stortinget til ny behandling. Kommunal- og moderniseringsdepartementet arbeider no med konsultasjonsrettleiaren, slik at den kan sendast på høyring saman med forslaget til endringar i samelova. Det er teke sikte på at både proposisjonen og utkastet til rettleiar blir sendt på høyring hausten 2019.

Når det gjeld prosessen med framforhandling og inngåing av Tanaavtala, er det Klima- og miljødepartementet sitt syn at det vart lagt stor vekt på å involvere lokale rettshavarar og Sametinget på ein tilfredsstillande måte. Vidare viser ein til at det i Tanalova § 6 (3) er lovfesta at utarbeidinga av forskrifter og forhandlingar med Finland om fisket i Tanavassdraget skal skje i samråd med Tanavassdraget si fiskeforvaltning og Sametinget. Det er òg lagt stor vekt på lokal medverknad i det pågåande arbeidet med gjennomføring av avtala.

Regjeringa ser oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Verkemiddel for utvikling av fleire låg- og nullutsleppsløysingar for skip

Vedtak nr. 21, 18. oktober 2016

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget på egnet måte med virkemidler som kan stimulere til å øke ordremengden og bidra til utvikling av flere lav- og nullutslippsløsninger for skip, og om hvordan dette vil bidra til å nå målsettingen for 2030 om å redusere klimagassutslippene med minst 40 pst.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er representantforslag frå stortingsrepresentantane Pål Farstad, Abid Q. Raja, Iselin Nybø, Terje Breivik og Sveinung Rotevatn, jf. Dok. 8:71 S (2015–16) og Innst. 22 S (2015–2016).

Oppfølginga er tidlegare omtalt i Prop. 1 S (2017–2018) for Klima- og miljødepartementet. Oppfølginga av vedtaket må vidare sjåast i samanheng med oppfølginga av oppmodingsvedtak nr. 57, 1. desember 2015, og oppmodingsvedtak nr. 664, 3. mai 2018.

Ulike støtteordningar og bruk av miljøkrav i offentlege anskaffingar har medverka til auka ordremengd og utvikling av fleire låg- og nullutsleppsløysingar i ferjesektoren. Regjeringa har sett ein ambisjon om å halvere utsleppa frå innanriks sjøfart og fiske innan 2030 og la våren 2019 fram ein eigen handlingsplan for grøn skipsfart med tiltak for å stimulere til null- og lågutsleppsløysingar innanfor dei ulike fartøykategoriane.

I Revidert nasjonalbudsjett 2019 blei det løyvd 25 mill. kroner til ei mellombels satsing innanfor ordninga Klimasats i Miljødirektoratet for å støtte fylkeskommunar som ønskjer å satse på klimavennlege hurtigbåtar. I statsbudsjettet for 2020 foreslår regjeringa å styrke innsatsen innan grøn skipsfart med til saman 100 mill. kroner til tiltak for auka bruk av null- og lågutsleppsløysingar i fylkeskommunale hurtigbåtsamband og arbeidet med grøn flåtefornying av lasteskip. Ved framtidige revisjonar av kostnadsnøklane i inntektssystemet for fylkeskommunane, vil regjeringa ta omsyn til kostnadsauke som følgjer av at fylkeskommunane har stilt krav om låg- og nullutsleppsløysingar for ferje- og hurtigbåtsamband.

Regjeringa vil å ta initiativ til ein dialog med relevante næringsaktørar for å drøfte ei mogleg intensjonsavtale om miljøvennleg flåtefornying for lasteskip. Ei intensjonsavtale skal basere seg på eksisterande hovudverkemiddel. Lasteskip er eit segment som er avhengig av samarbeid mellom mange ulike aktørar. Reiarlag, vareeigarar og offentlege aktørar må samarbeide for å auke etterspørselen etter grøne transportløysingar. Regjeringa vil invitere næringa til eit samarbeid om å utvikle desse løysingane.

Offshorefartøya står for i storleiksorden 23 pst. av utsleppa frå innanriks skipsfart. Næringa har sjølv starta arbeidet med å fase inn grøn teknologi. Regjeringa vil vurdere å innføre krav om null- og lågutsleppsløysingar for nye driftsfartøy i samband med petroleumsproduksjon for å auke innfasinga utover det som blir utløyst av CO2-avgifta og eksisterande støtteordningar. Regjeringa vil òg vurdere krav om innføring av null- og lågutsleppsløysingar for servicefartøy i havbruksnæringa.

I tillegg til tiltaka som er fremja i handlingsplanen for grøn skipsfart er det allereie innført ei rekkje verkemiddel som medverkar til å stimulere utvikling av, og etterspørsel etter, fleire låg- og nullutsleppsløysingar for skip. Enova, Innovasjon Noreg, Norges Forskingsråd og NOx-fondet støttar utvikling av ny teknologi og utbygging av nødvendig infrastruktur. CO2-avgift, redusert elavgift og miljødifferensierte hamnevederlag gjer dei grøne løysingane meir lønnsame.

Sida 2015 har Enova tildelt over 1,6 mrd. kroner til skipsprosjekt der 1,5 mrd. kroner har omfatta fartøy med batteri og ladeanlegg for låg- eller nullutsleppsfartøy som nyttar batteriteknologi. Enova har støtta fartøy og prosjekt i dei fleste segmenta av maritim transport. I tillegg har Enova medverka til ei konkurransebasert utbygging av landstraum i norske hamner med om lag 500 mill. kroner innanfor den same perioden.

Saman med dei verkemidla som allereie eksisterer vil dei tiltaka som er annonserte i handlingsplanen for grøn skipsfart medverke til å auke ordremengda av låg- og nullutsleppsløysingar for skip ved norske verft.

Regjeringa ser oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Bransjeavtale eller liknande, om at alt sal av biodrivstoff skal vere palmeoljefritt

Vedtak nr. 750, 2. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen undersøke om de nylige løfter fra bensinbransjen og positive uttalelser fra de største bensinstasjonskjedene kan videreutvikles til en bransjeavtale eller liknende, om at alt salg av biodrivstoff skal være palmeoljefritt og ha høyere klimaeffekt enn EUs minstekrav.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er representantforslag frå stortingsrepresentantane Heikki Holmås, Karin Andersen og Torgeir Knag Fylkesnes, jf. Dok. 8:69 S (2016–2017) og Innst. 133 S (2016–2017). I Klima- og miljødepartementets Prop. 1 S (2018–2019) gjorde regjeringa greie for at det på grunn av våre internasjonale forpliktingar ikkje er rom for at norske myndigheiter tek initiativ til ei slik bransjeavtale. Det blei vidare vist til at oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom møte med bransjen.

Kontroll- og konstitusjonskomiteens Innst. 291 S (2018–2019) viser til energi- og miljøkomiteen si vurdering av regjeringas oppfølging av vedtaket (svarbrev av 27. mars 2019). Fleirtalet i energi- og miljøkomiteen merker seg at regjeringa vurderer at oppmodingsvedtak nr. 750 ikkje lar seg følgje opp. Fleirtalet meiner regjeringa tolkar regelverket svært strengt når dei meiner dei ikkje har heimel til å undersøke om løfter og uttaler frå bransjen kan utviklast vidare til ei bransjeavtale. Fleirtalet meiner dette aukar behovet for at regjeringa følgjer opp vedtak nr. 751 og nr. 753 frå 2. juni 2017. Basert på dette meiner kontroll- og konstitusjonskomiteen at oppmodingsvedtaket ikkje er følgt opp.

Regjeringa står fast ved at det er undersøkt om løfter frå bensinbransjen og positive uttaler frå dei største bensinstasjonskjedene kan utviklast vidare til ei bransjeavtale eller liknande, om at alt sal av biodrivstoff skal vere palmeoljefritt og ha høgare klimaeffekt enn EUs minstekrav. Innanfor rammene av Noregs EØS- og WTO-forpliktingar, vurderte regjeringa det som at det ville vere å bevege seg inn i ei juridisk gråsone dersom Klima- og miljødepartementet skulle ha teke initiativ til at det blir etablert ei bransjeavtale (jmf. Omtale av oppmodingsvedtak nr. 753, 2. juni 2017). Klima og miljødepartementet gav Advokatfirmaet Thommessen AS i oppdrag til å utgreie Stortingets oppmodingsvedtak om å avgrense biodrivstoff med palmeolje i offentlege anskaffingar kan gjennomførast i tråd med Noregs forpliktingar etter EØS-avtala, WTO-avtalene og våre andre handelsavtaler. Utgreiinga stadfester at det er tvil om eit forbod i tråd med oppmodingsvedtaket vil vere lovleg etter EØS-avtala og WTO-avtala. Den stadfester også at vi må vente reaksjonar blant anna frå statar med økonomiske interesser i saka og prosessar som reiser tvil om tiltaket er lovleg.

Salet av palmeolje gjekk ned frå 317 millioner liter i 2017 til 93 millioner liter i 2018. Regjeringa ønskjer å opplyse om at sida Prop. 1 S (2018–2019) vart lagt fram, har Klima og miljødepartementet gitt Miljødirektoratet i oppgåve å publisere meir detaljert informasjon om råstoffet og opphavslandet til biodrivstoffet som er i sal frå og med 2019. Denne informasjonen kan hjelpe forbrukarane med å velje biodrivstoff med best klimanytte.

Regjeringa ser med bakgrunn i dette på oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Verkemiddel for å fremje bruk av avansert berekraftig biodrivstoff

Vedtak nr. 751, 2. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen vurdere handlingsrommet for ulike virkemidler, herunder avgifter og regelverk, for å fremme bruk av avansert bærekraftig biodrivstoff, og komme tilbake til Stortinget i egnet form.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er representantforslag frå stortingsrepresentantane Heikki Holmås, Karin Andersen og Torgeir Knag Fylkesnes, jf. Dok. 8:69 S (2016–2017) og Innst. 133 S (2016–2017).

Klima- og miljødepartementet tolkar vedtaket som at regjeringa skal vurdere handlingsrommet for ulike verkemiddel som let seg gjennomføre i norsk avgiftssystem og regelverk. Departementet tolkar det ikkje som eit vedtak for å finne nye verkemiddel. Basert på denne tolkinga gjorde departementet greie for handlingsrommet for ulike verkemiddel i Prop. 1 S (2018–2019).

Kontroll- og konstitusjonskomiteens Innst. 291 S (2018–2019) viser til energi- og miljøkomiteen vurdering av regjeringas oppfølging av vedtaket (svarbrev av 27. mars 2019). Fleirtalet i energi- og miljøkomiteen minte om at sidan vedtak nr. 751 vart gjort, er det ikkje komme forslag frå regjeringa om nye verkemiddel som kan endre situasjonen. Basert på dette meiner kontroll- og konstitusjonskomiteen at oppmodingsvedtaket ikkje er følgt opp.

Regjeringa står fast ved at den har vurdert handlingsrommet for ulike verkemiddel, under dette avgifter og regelverk, for å fremje bruk av avansert berekraftig biodrivstoff. I Klima- og miljødepartementets Prop. 1 S (2018–2019) kom regjeringa tilbake til Stortinget med informasjon om arbeidet for å kartlegge tilgangen på avansert biodrivstoff, med siktemål om å auke delkravet til slikt biodrivstoff i framtida. Det vart òg vist til regjeringas vidare arbeid med spørsmålet om å innføre vegbruksavgift på biodrivstoff utanfor omsetningskravet fram mot 2020-budsjettet, samt en beskriving av prosessen knytt til å innføre et omsetningskrav i luftfart. Slik sett har regjeringa følgt opp oppmodingsvedtaket ved å komme tilbake til Stortinget med en vurdering av handlingsrommet for ulike verkemiddel for å fremme avansert biodrivstoff.

Sjølv om regjeringa meiner at oppmodingsvedtaket vart følgt opp i fjor, har det i etterkant komme regelverksendringar som er relevante for dette oppmodingsvedtaket. For eksempel vart omsetningskravet for 0,5 pst. avansert biodrivstoff i luftfart forskriftsfesta 2. mai 2019. Kravet vil gjelde frå og med 1. januar 2020. Regjeringa viser dessutan til oppfølginga av Stortingets oppmodingsvedtak nr 86 i Innst. 2 S (2018–2019) om at «Stortinget ber regjeringen utforme et helhetlig forslag til virkemidler og avgifter i biodrivstoffpolitikken for å utelukke biodrivstoff med høy avskogingsrisiko (…).» I Finansdepartementets Prop. 1 S (2019–2020) er dette oppmodingsvedtaket omtalt.

Regjeringa ser oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Forbod mot palmeolje i offentleg kjøp

Vedtak nr. 753, 2. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen gjennom forskrift til lov om offentlige anskaffelser stille krav om at det ikke skal benyttes biodrivstoff basert på palmeolje eller biprodukter av palmeolje. Forskriftsendringen skal tre i kraft så snart som mulig.»

Stortinget fatta vedtaket i samband med behandling av Dok. 8:69 S (2016–2017) om å sikre at det ikkje blir selt palmeoljebasert biodrivstoff i Noreg, jf. Innst. 331 S (2016–2017) frå energi- og miljøkomiteen, og laust forslag nr. 5 fremja frå salen.

I Prop. 1 S (2018–2019) gjorde regjeringa greie for dei juridiske vanskane knytt til innføring av eit forbod. Regjeringa gjorde òg greie for at den hadde bedt Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) om å utarbeide faglege råd og rettleiing til offentlege oppdragsgivarar, i tråd med Difis ståande rettleiingsoppdrag på området grøne anskaffingar. Dette arbeidet er no ferdigstilt. Regjeringa så oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Kontroll- og konstitusjonskomiteens Innst. 291 S (2018–2019) viser til energi- og miljøkomiteen vurdering av regjeringas oppfølging av vedtaket (svarbrev av 27. mars 2019). I merknaden frå komiteen heiter det blant anna at «Flertallet forstår det slik at man har lov å forby det offentlige å kjøpe inn palmeolje, så lenge man kan dokumentere at dette fører til større klimagassutslipp enn andre typer biodrivstoff. Den siste tiden har det kommet en rekke rapporter som gir et vitenskapelig grunnlag for å vise at palmeolje gir høyere utslipp enn andre biodrivstoff.» Dei ser ikkje oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Regjeringa står ved si vurdering av at det ville ha vore problematisk å innføre eit forbod mot palmeolje og det er tvil om eit forbod i tråd med oppmodingsvedtaket vil vere lovleg etter EØS-avtala og WTO-avtalene. Som gjort greie for i Prop. 1 S (2018–2019) vil vi frå statar med økonomiske interesser i saka også måtte vente reaksjonar og prosessar som reiser tvil om tiltaket er lovleg. I tråd med dei handelspolitiske føringane i Meld. St. 29 (2014–2015) om globalisering og handel er regjeringa oppteken av å både overhalde våre internasjonale forpliktingar, å gjennomføre ein effektiv miljø- og klimapolitikk og å ta vare på andre norske interesser. Forslaget om å innføre forbod førte til reaksjonar som viste at det kan gi utfordringar for norsk eksportinteresser som er avhengige av eit opent, føreseieleg og regelstyrt handelsregime. Det vil ikkje tene verken klima eller norske interesser elles å innføre eit tiltak som har ein usikker klimaeffekt, som dessutan mest truleg vil bli utfordra og som det er tvil om vi vil kunne oppretthalde.

I mai i år vedtok EU-Parlamentet og Rådet nokre kriterium for å skilje mellom råstoff med høg og låg risiko for indirekte arealbruksendringar. Palmeolje er kategorisert som råstoff med høg risiko for indirekte arealbruksendringar. Regjeringa vil vurdere å legge kriteria til grunn for norske omsetningskrav etter at EU har vurdert og implementert kriteria (30. juni 2021). Sjå meir omtale i Del II, Programkategori 12.20 Klima, naturmangfald og forureining og punkt om politikk for å nå dei nasjonale måla for klima.

Basert på dette, vil regjeringa foreslå følgjande opphevingsvedtak:

Vedtak nr. 753, 2. juni 2017 blir oppheva.

Tilrettelegging for mottak av husdyrgjødsel

Vedtak nr. 961, 16. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen om at det ved bygging av industrielle anlegg for produksjon av biogass basert på matavfall også legges til rette for mottak av husdyrgjødsel.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Prop. 141 S (2016–2017) og Innst. 445 S (2016–2017) om endringer i statsbudsjettet 2017 under Landbruks- og matdepartementet (Jordbruksoppgjøret 2017 m.m.).

Oppfølginga er omtalt i Prop. 1 S (2017–2018) for Klima- og miljødepartementet, s. 151 og Meld. St. 7 (2017–2018). Miljødirektoratet har i tråd med tildelingsbrevet for 2017 greidd ut tiltak og eventuelt nye verkemiddel for biogass og biogjødsel. Vedtaket må vurderast i samanheng med vedtak nr. 483, 12. april 2018. Komiteen har i Innst. 9 S (2017–2018) og Innst. 275 S (2017–2018) ikkje kommentert departementets oppfølging av vedtak nr. 961, 16. juni 2017.

Biogass blir produsert når mikroorganismar bryt ned organisk materiale utan tilgang på oksygen. Biogass består hovudsakleg av metan (CH4) og karbondioksid (CO2), og forbrenning av biogass vil frigjere energi og varme, og omdanne metan til karbondioksid.

Biogass har høg klimanytte og medverkar til avfallshandtering, resirkulering av næringsstoff og lokal verdiskaping. Produksjon av biogass basert på husdyrgjødsel medverkar til å redusere utsleppa frå jordbrukssektoren. Bruk av biogass kan medverke til å redusere klimagassutsleppa frå fossil forbrenning i den sektoren der gassen blir brukt. Restane frå biogassproduksjonen kan brukast til å bearbeide jord og til å erstatte mineralgjødsel.

Våtorganisk avfall, kloakkslam, husdyrgjødsel og fiskeavfall er døme på råstoff til biogass som til dels ikkje er utnytta i Noreg. For å utnytte mest mogleg av råstoffet sitt gasspotensiale, er det viktig med eit gunstig forhold mellom dei ulike råvarene som går inn i biogassproduksjonen. Husdyrgjødsel har samanlikna med andre råstoff, som for eksempel matavfall, eit relativt lågt energiinnhald.

For at biogass skal kunne skalerast opp og bli meir kommersielt, er det behov for å styrkje konkurransekrafta til biogass, samanlikna med fossile alternativ. Etter kvart som etterspørselen og bruken av biogass aukar, vil fleire former for råstoff kunne bli konkurransedyktige. Ein generell auke i etterspørselen etter biogass, vil medverke til at fleire ulike råvarer blir utnytta som substrat i biogassproduksjon, under dette også meir husdyrgjødsel. Derfor kan det vere nyttig at ein ved bygging av industrielle anlegg også legg til rette for mottak av husdyrgjødsel.

Industrielle anlegg for produksjon av biogass er avhengig av økonomisk støtte. Enova gir økonomisk støtte til investeringar i produksjonsanlegg for biogass. Ved vurdering av økonomisk støtte til verksemder som vil etablere nye produksjonsanlegg for biogass eller utvide eksisterande anlegg, blir det alltid utført omfattande analysar. Ei vurdering av ulike substrat dei industrielle anlegga skal leggje til rette for å ta imot, inngår i desse analysane.

Regjeringa viser til at det allereie i dag blir lagt til rette for mottak av husdyrgjødsel ved bygging av industrielle anlegg for produksjon av biogass basert på matavfall, der dette er føremålstenleg. Regjeringa ser oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Fossilfrie anleggsprosjekt

Vedtak nr. 1105, 21. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen utrede hvordan fossilfrie anleggsprosjekter eventuelt kan gjennomføres og hva konsekvensen av dette vil være.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 2 (2016–2017), og Innst. 401 S (2016–2017) om revidert nasjonalbudsjett 2017.

Vedtaket er sett i samanheng med oppmodingsvedtak 108 nr. 16 (2016–2017)om å utarbeide ein handlingsplan for fossilfrie byggjeplassar/anleggsplassar innan transportsektoren, som er under behandling i Samferdselsdepartementet. Vedtaket er òg sett i samanheng med oppfølginga av regjeringa vil-punkt i Meld. St. 41 (2016–2017) Klimastrategi for 2030 – norsk omstilling i europeisk samarbeid om å utgreie høvet til å redusere bruken av mineralolje til oppvarming og bygningstørke ved byggje- og anleggsplassar. Oppfølging av vedtaket er omtalt i Prop. 1 S (2017–2018) for Klima- og miljødepartementet, s. 151. Der går det fram at regjeringa er i gang med å greie ut høvet til reduksjon av bruk av mineralolje til oppvarming og bygningstørke ved byggje- og anleggsplassar. Miljødirektoratet har på oppdrag frå Klima- og miljødepartementet greidd ut bruken av mineralolje til oppvarming og byggtørk på byggje- og anleggsplasser.

Klima- og miljødepartementet har i 2019 sendt på høring forslag om endring av forskrift om forbod mot bruk av mineralolje til oppvarming av bygningar. Forbodet blir foreslått utvida slik at òg bruk av mineralolje til byggvarme, dvs. mellombels oppvarming og tørking av bygningar under oppføring og rehabilitering, blir omfatta av forbodet.

Vidare oppfølging av vedtak 1105 av 21. juni 2017 må sjåast i samanheng med arbeidet knytt til oppmodingsvedtak 108 nr. 16 (2016–2017), om å utarbeide ein handlingsplan for fossilfrie byggjeplassar/anleggsplassar innan transportsektoren. Regjeringa arbeider med ein handlingsplan, og vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte når arbeidet er ferdig.

CO2-nøytralt syntetisk drivstoff

Vedtak nr. 108, punkt 7, 5. desember 2016

«Stortinget ber regjeringen utrede klimapotensialet ved CO2-nøytralt syntetisk drivstoff og vurdere om det er hensiktsmessig med endringer som kan være nødvendig for å sikre teknologinøytral markeds- og virkemiddelbehandling for CO2-nøytralt syntetisk drivstoff og andre klimavennlige alternativer.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 1 (2016–2017), Prop. 1 S (2016–2017) og Prop. 1 S Tillegg 1–5 (2016–2017) og Innst. 2 S (2015–2016) om nasjonalbudsjettet 2016 og forslaget til statsbudsjett for 2016.

Klima- og miljødepartementet bad Miljødirektoratet om å utgreie klimapotensialet ved CO2-nøytralt syntetisk drivstoff og vurdere om det er føremålstenleg med endringar som kan vere naudsynte for å sikre teknologinøytral marknads- og verkemiddelhandtering for CO2-nøytralt syntetisk drivstoff og andre klimavennlege alternativ.

Syntetisk drivstoff er ein samlenemning for drivstoff framstilt frå syntesegass. Syntetisk drivstoff kan ha både fossilt og fornybart opphav, avhengig av kva syntesegassen er laga av. For at syntetisk drivstoff skal sjåast på som CO2-nøytralt må drivstoffet ikkje medverke til auka utslepp av fossilt CO2

Det går fram av revidert Fornybardirektiv (2018/2001) at fornybare drivstoff av ikkje-biologisk opphav (syntetiske drivstoff) bør inkluderast i EU-landa sitt mål om 14 pst. fornybar energi i transportsektoren innan 2030. Det krev at det syntetiske drivstoffet medverkar til ein utsleppsreduksjon på minimum 70 pst. samanlikna med bruk av drivstoff med fossilt opphav. Kva slag metodikk og kva som skal inngå i utrekningane av utsleppsreduksjonar for fornybare syntetiske drivstoff er ikkje endeleg fastsett, og vil bli lagt fram av EU-kommisjonen seinast desember 2021 (Delegated act on methodology).

For å vurdere klimapotensialet ved CO2-nøytralt drivstoff er vurderinga at det er føremålstenleg å ta omsyn til den vidare regelverksutforminga i EU på dette området då det ikkje ligg føre endelege føringar på korleis klimapotensialet skal reknast ut. Dersom revidert Fornybardirektivet (2018/2001) blir vurdert som EØS-relevant og implementert i det norske lovverket vil Noreg måtte følgje retningslinjene for syntetiske drivstoff som går fram av det reviderte direktivet, og metodikken for utsleppsberekningar. Vurdering av det reviderte fornybardirektivet (2018/2001) ligg hos Olje- og energidepartementet.

Miljødirektoratet har i 2019 fått utarbeidd og levert ein rapport frå Chalmers Industriteknikk som handlar om status for teknologi og politikkutforming for syntetiske drivstoff. Syntetiske drivstoff er foreløpig i ein tidleg utviklingsfase og ikkje kommersielt tilgjengeleg i Noreg. Det er planar om å etablere produksjonsfasilitetar i Noreg.

Det finst etablerte verkemiddel som støttar produksjon av hydrogen, ein viktig innsatsfaktor for å produsere fornybare syntetiske drivstoff. Hydrogen produsert ved elektrolyse er støtta ved at det er gitt fritak for elavgift for den elektrisiteten som blir nytta i produksjonsprosessen (Forskrift om særavgifter §3-12-13 Avgiftsfritak for kraft som levers til bestemte formål).

Det er òg ei rekkje tilskotsordningar som støttar teknologiutvikling og prosjekt i tidlegfase, blant anna gjennom Enova som gir støtte til teknologiutvikling og demoanlegg som medverkar til reduserte klimagassutslepp. Enova har tidlegare gitt støtte til Norske Quantafuel som etter planen skal produsere syntetisk drivstoff frå resirkulert plast.

Med dagens regelverk for avgifter for mineralolje vil produksjon av syntetiske drivstoff bli avgiftsbelagt på lik linje med fossilt drivstoff. Gjennom implementeringa av ILUC-direktivet i det norske lovverket vart det på dåverande tidspunkt vedteke at syntetiske drivstoff ikkje skulle innlemmast i omsetningskravet for biodrivstoff.

Regjeringa vurderer det som lite føremålstenleg på noverande tidspunkt å gjere endringar i dei eksisterande verkemidla. Dette som følge av at syntetisk drivstoff per i dag ikkje er kommersielt tilgjengeleg og i ein tidleg fase der andre delar av verkemiddelapparatet, som Enova og innovasjon Noreg, er vurderte som meir eigna. Politikkutforming vil òg bli påverka av kor vidt det reviderte fornybardirektivet (2018/2001) blir vurdert som EØS-relevant. Vurdering av dette ligg hos Olje- og energidepartementet. Regjeringa ser oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Programkategori 12.30 Kulturminne og kulturmiljø

Hovudinnhald og prioriteringar

Løyvingane under programkategori 12.30 høyrer i hovudsak inn under resultatområde Kulturminne og kulturmiljø, og omfattar verksemda til Riksantikvaren og Norsk kulturminnefond.

Løyvingane på kulturminneområdet går til å følgje opp intensjonane i St.meld. nr. 16 (2004–2005) Leve med kulturminner og Meld. St. 35 (2012–2013) Framtid med fotfeste. Målsetjinga er å ta vare på mangfaldet av kulturminne og kulturmiljø som bruksressursar og som grunnlag for kunnskap, oppleving og verdiskaping. Det er òg eit mål at eit utval av kulturminne og kulturmiljø som dokumenterer geografisk, sosial, etnisk, nærings- og tidsmessig breidde skal ha varig vern ved freding innan 2020. Løyvinga omfattar midlar til å sikre, setje i stand og halde ved like freda og verneverdige kulturminne og kulturmiljø og midlar til å føre vidare arbeidet med verdiskaping knytt til kulturminne og kulturmiljø. Løyvinga til Kulturminnefondet er samla auka med 10 mill. kroner (inkludert prisjustering på 3,7 mill. kroner) i 2020. I tillegg er styrkinga til samisk bygningsvern frå 2018 og 2019 ført vidare.

Regionreforma vil få stor konsekvens for korleis kulturminneforvaltinga arbeider i framtida. Fleire førstelinjeoppgåver som i dag blir løyste av Riksantikvaren, skal etter 2020 løysast av den regionale kulturminneforvaltinga.

Både Riksantikvaren og regionane må ha rette verkemiddel, fagkompetanse og kapasitet for å handtere oppgåvene godt. Riksantikvaren må bidra til at regionane kan få kompetanse som set dei i stand til å løyse desse oppgåvene. Det er derfor viktig å vidareutvikle Riksantikvaren som eit sterkt og fagleg kompetent fagdirektorat. Regionane må stå rusta til å utføre god kulturminneforvalting, noko som òg inneber at eigarar og forvaltarar av kulturminne, og tiltakshavarar får lik behandling uavhengig av lokalisering. Det er særleg viktig at tilskotshandteringa gir ei kostnadseffektiv og oversiktleg forvalting.

Både samfunnet og den offentlege forvaltinga er i endring. Riksantikvaren sin overordna strategi tek utgangspunkt i endringar som gir kulturminnefeltet både utfordringar og nye moglegheiter. Strategien gir retning for direktoratets arbeid fram til 2021.

Klimaendringane gir nye utfordringar også for arbeidet med kulturminne. Den globale oppvarminga fører til at isen i høgfjellsområda gradvis smeltar og kan dermed føre til at arkeologiske spor og gjenstandar som kjem fram blir utsette for nedbryting. Auka nedbør og ekstremvêr gir utfordringar for ivaretaking av kulturminne, kulturmiljø og landskap, med mellom anna auka nedbryting av kulturminne, meir råte i bygningar, erosjon og ras som kan gi skade på så vel kulturminne som landskap.

I ein tid då byar og tettstader veks er det viktig å ta vare på kulturminne og kulturmiljø som gir byane særpreg og attraktivitet. Samtidig er sirkulær økonomi ved gjenbruk av bygningar og bygningsdelar òg godt miljøvern.

Endra rammevilkår og regionreform set mange av premissane for omstilling hos Riksantikvaren. Det er teke grep som gjer at direktoratet medverkar til å definere korleis ein best kan møte morgondagen.

NB!-registeret omfattar viktige kulturmiljø i byar og tettstader, og KULA-registeret (Kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse) omfattar viktige kulturhistoriske landskap. Riksantikvaren vil med desse registera gi ei god oversikt over kva kulturmiljø og landskap som har vesentleg nasjonal interesse. Dette vil medverke til tidleg avklaring av interessene til kulturminneforvaltninga, og til at arealforvaltinga blir meir føreseieleg. Riksantikvaren vil òg halde fram med å ha tett og god dialog med kommunar, fylkeskommunar og utbyggjarar. Erfaringane viser at dette ofte medverkar til gode løysingar og gir resultat ved at stadig færre saker endar med motsegn.

Dei ti bevaringsprogramma, med tilskot, kompetansebygging og rettleiing, er dei viktigaste verkemidla for å nå dei nasjonale måla på kulturminneområdet. Likevel er fleire av bevaringsprogramma prega av eit stort og aukande etterslep. Det vart derfor sett i gang eit arbeid i 2016 med å reorientere bevaringsprogramma. Korleis dette arbeidet skal bli ført vidare etter 2020 vil inngå i den nye storingsmeldinga på kulturminnefeltet.

Dei nasjonale måla på kulturminneområdet har ei sterk objekt- og tilstandsorientering. Nye nasjonale mål på kulturminnefeltet vil inngå i ny stortingsmelding. Intensjonen er at dei nye nasjonale måla i sterkare grad skal leggje vekt på kulturarven som samfunnsressurs og samfunnsnytte-perspektivet. I tillegg vil det sjølvsagt framleis vere like viktig å sikre arbeidet med istandsetjing, vedlikehald og høg fagleg standard på det antikvariske arbeidet, og i sikre kjeldeverdien i kulturminna. Dette vil til ei kvar tid vere kjerneoppgåver innanfor kulturminneforvaltinga.

Resultatområde

Tabell 7.10 Resultatområde under programkategori 12.30

Resultatområdet

Nasjonale mål

Kulturminne og kulturmiljø

  • Tapet av verneverdige kulturminne skal minimerast.

  • Eit prioritert utval automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne skal ha eit ordinært vedlikehaldsnivå innan 2020.

  • Eit representativt utval kulturminne og kulturmiljø skal vere vedtaksfreda innan 2020.

  • Freda bygningar, anlegg og fartøy skal ha eit ordinært vedlikehaldsnivå innan 2020.

Politikk for å nå dei nasjonale måla for kulturminne og kulturmiljø

Regjeringa prioriterer høgt å leggje til rette for vern gjennom bruk. Ei forvalting prega av partnarskap mellom styresmakter, private eigarar og andre aktuelle aktørar, og å sikre gode rammevilkår for verdiskaping, opplevingar og kunnskap med utgangspunkt i kulturhistoriske verdiar er viktig.

Gode fagdatabasar og styringsdata som gir kunnskap om og oversikt over kulturhistoriske verdiar – kor dei er og kva slag tilstand dei er i – er avgjerande for å kunne bruke verkemidel riktig og å setje inn tiltak der dei trengst mest og verkar best.

I Meld. St. 18 (2016–2017) Bærekraftige byer og sterke distrikt, er det vektlagt at kulturminne og kulturmiljø skal vere ein viktig ressurs i byutviklinga. Fortettinga i enkelte byar og pressområde er massiv, og mange område vil på få år bli endra radikalt. Andre byar og bymiljø er prega av handelslekkasje og tomme forretningar. Store endringar i busetjingsmønstret med sterk befolkningsvekst i og omkring byane, medfører òg auka press på areal og bygningar i byane og fører til at areal og bygningar går ut av bruk andre stader. Samtidig er kulturminne og kulturmiljø en viktig ressurs i byutviklinga. Mange historiske stader og enkeltbygningar er trekkplaster for turistar, og utgjer ofte ein ressurs òg for andre næringar. Kulturminne er ein viktig del av regjeringas bymiljøpolitikk. Riksantikvaren har utarbeidd ein bystrategi for forvalting av kulturminne og kulturmiljø i byar. Bystrategien inneheld strategiske føringar og tilrådingar. Føremålet er å medverke til kvalitet i byutviklinga, bevaring og vidareutvikling av historiske bymiljø, til beste for innbyggjarane, næringsliv og tilreisande. Strategien vil fremja ei byutvikling som i større grad fører vidare stadeigen og lokal byggeskikk, og i mindre grad fremjar kontrasterande busetnad som svekkjer opplevinga av historiske bymiljø. Samtidig signaliserer strategien at ei løysingsorientert forvalting må kunne diskutere eit breitt spekter av verkemiddel, tilpassa formålet med vern. Bystrategien peiker på at kulturarven er ein sentral ressurs og ein viktig del av det grøne skiftet i byane. Det blir framleis arbeidd med revisjon av handlingsplanen som skal medverke til at mål og strategiar i Bystrategien blir sette i verk.

Klima- og miljødepartementet er òg, saman med Helse- og omsorgsdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet, involvert i eit 3-årig nordisk bymiljøprosjekt, «Attraktive byer». Prosjektet vart etablert i 2017 under den norske formannskapsperioden i Nordisk Ministerråd. Kulturminne og bymiljøpolitikk inngår òg som eitt blant fleire miljøpolitiske område som vil bli tekne opp i «Grøn byutvikling – dialogforum med dei største byane» som Klima- og miljødepartementet har etablert i samarbeid med Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Regjeringa er oppteken av å synleggjere og dokumentere kulturarven sin samfunnsnytte, både knytt til konkrete prosjekt og tema, men òg å kunne sjå endringar og trendar over tid. Riksantikvaren arbeidar systematisk med å hente inn kunnskap om kulturarven si posisjon og verdi i samfunnet. I hovudsak peikar dei fleste studiane på at kulturminne har påverknad på verdiskaping i både små og store lokalsamfunn. Samstundes viser kostnadsberekningane i samband med kulturmiljøfredingar at kostnadene, både for private og for det offentlege er marginale. Riksantikvaren har delteke i eit arbeid med å utvikle eit felles europeisk rammeverk for eit satellittrekneskap for kulturminnefeltet (måler kulturminnesektorens betydning for norsk økonomi), som skal vere ferdig i løpet av 2019. EU har påteke seg å finansiere eit større oppfølgingsprosjekt der Noreg deltek med ein representant i prosjektet. Dei tek førebels sikte på å ferdigstille dette prosjektet ultimo 2021.

Godt samarbeid mellom forvalting og frivillige vil medverke til auka bruk og betre vern av kulturminne. Riksantikvarens strategi for frivillig arbeid er revidert og gjeld no frå 2018 til 2021. Strategien for samarbeid med frivillige organisasjonar skal medverke til å utnytte mulegheitene som ligg i felles innsats, faglege diskusjonar og kompetansedeling.

Innsatsen i dei ti tematiske bevaringsprogramma er avgjerande for at ein skal kunne setje i stand og halde ved like prioriterte kulturminne av høg nasjonal verdi. Bevaringsprogrammet for istandsetjing av freda hus i privat eige er særleg prioritert. Det er likevel naudsynt å gjere tydelege prioriteringar i bruk av dei økonomiske midlane. I stavkyrkjeprogrammet vart istandsetjinga av dei 28 stavkyrkjene sluttført i 2015. Fortløpande vedlikehald og oppgradering av brannslokkingsanlegg og andre sikringstiltak vil vere prioriterte tiltak framover. Tilskotsordninga til brannsikring av steinkyrkjer frå mellomalderen som vart etablert i 2018, er også ei viktig verkemiddel for å sikre vår kulturarv frå mellomalderen.

Kunnskapsløftet og vidare arbeid med digitale tenester

Som ei viktig satsing sidan 2011 har Kunnskapsløftet vore Riksantikvarens viktigaste arbeid for å effektivisere og modernisere kulturminneforvaltinga. Satsinga inkluderer digitalisering av arkiv og å gjere data tilgjengeleg, samt utvikling av heilskaplege, digitale saksbehandlingssystem.

Arbeidet gjennomført i Kunnskapsløftet vert no vidareført i fleire prosjekt, der det største er KF2020 som digitaliserer prosessar frå brukar til forvaltning, med involverte aktørar frå regionforvaltninga, musea og Riksantikvaren. Målet er å få felles prosessar i kulturminneforvaltninga der søkjar og saksbehandlar kan nytte digitale verktøy for gjennomføring av tilskot- og søknadsprosessar. Dette vil sikre likebehandling, standardisering, forenkling og effektivisering av arbeidsprosessar på tvers av forvaltingsnivåa, noko som blir særskilt viktig i klargjeringa til gjennomføringa av regionreforma (jf. regionenes større ansvar frå 1. januar 2020). Digitaliseringa av saksbehandling og tilskotsforvalting i kulturminneforvaltinga er intensivt, og i 2019 vil fleire pilotar og ordningar bli tekne i bruk i fylka, med sikte på ordinær drift i alle fylke i løpet av 2020.

Arbeidet med å få digitalisert saksarkiva (inkl. saksarkiva til dei fire distriktskontora) er ferdigstilt. No er fokuset endra til å sjå på korleis Riksantikvaren kan gjere materialet enklare tilgjengeleg for dei ulike brukargruppene med spesiell fokus på gode søketenester.

I 2019 moderniserer Riksantikvaren internett- og publikumstenesta Kulturminnesøk til å bli endå betre retta mot behova brukarane har. Det blir enklare å finne den informasjonen brukaren ønsker på våre nettsider og desse to tenestene skal bli oppfatta som ei saumlaus teneste for brukaren.

Ei viktig langsiktig satsing som starta opp i 2019 er utviklinga av Kulturminneregisteret. Kulturminneregisteret vil gjere sentrale data om norske kulturminne tilgjengelege for regional og lokal forvalting, eigarar av kulturminne og publikum. Kulturminneregisteret vil stille saman informasjon frå fleire relevante kjelder for kulturminnedata, og sikre den faglege dialogen med andre sektorar. Dette er særs viktig for å effektivisere forvaltinga, og syte for at ein òg står godt rusta til å ta gode avgjerder om kulturminne og kulturmiljø på lokal og regionalt plan.

Prosjektet Registrering av automatisk fredete samiske bygninger var ein del av kunnskapsløftet. I samarbeid med Sametinget og KLD har Riksantikvaren arbeidd for ei god, føreseieleg og eigarorientert forvalting av desse kulturminna. Bevaringsprogrammet for samiske bygningar tek utgangspunkt i resultata frå dette registreringsprosjektet. Om lag 900 bygningar er registrerte som automatisk freda. Dei mest verdifulle vil bli prioriterte i bevaringsprogrammet for samiske kulturminne. Prosjektet vart formelt avslutta i 2017. Etterarbeid har gått føre seg i 2018 og i 2019. Prosjektet har gitt kulturminneforvaltinga ny kunnskap om samisk bygningsarv, og har stort potensial for forsking i åra som kjem.

I KiK-satsinga (Kulturminne i Kommunane) har Riksantikvaren arbeidd for auke kulturminnekompetanse på kommunalt nivå. 90 % av kommunane har no kulturminneplan under arbeid eller har vedteke plan. Også regionalforvaltninga har teke aktivt del i arbeidet gjennom ulike kompetansemodellar; der det er inngått samarbeid med kommunar, frivillige, museum og andre.

Erfaringane er formidla gjennom ulike kanalar. Det er gjennomført kurs, samlingar, oppretta nettsider og nytta sosiale medium i arbeidet. Riksantikvaren har i tillegg utarbeidd og vedteke ein strategi for arbeidet sitt med kulturminne i kommunane. I strategien er det gitt tilrådingar til kommunane og det vert stilt forventningar til fylkeskommunane. I tillegg har Riksantikvaren summert opp si vidareføring av arbeidet i seks strategiar.

I KIK-satsinga vart det i åra 2014–16 gitt tilskot til byantikvarstillingar i 11 kommunar og etablert nettverk for «gamle» og nye byantikvarar som møtest to gonger årleg. Det er 17 kommunar som har byantikvar og alle er med i nettverket.

Dette nettverket er prioritert høgt både av deltakarane og Riksantikvaren, og er ein viktig læringsarena.

Verdsarv

Som oppfølging av Meld. St. 35 (2012–2013) Framtid med fotfeste – Kulturminnepolitikken har Klima- og miljødepartementet sett i gang ei mangeårig satsing for oppfølging av verdsarvkonvensjonen med sikte på å auke kunnskapen om verdsarvkonvensjonen og styrkje den lokale forankringa.

Forvaltinga av dei norske verdsarvområda inneber forpliktingar for alle sektorar. Noreg som statspart til verdsarvskonvensjonen, har høge ambisjonar for forvalting av verdsarvområda, og har som mål at områda skal utviklast til fyrtårn for god kulturminneforvalting. Riksantikvaren arbeider saman med Miljødirektoratet for å betra forvalting av verdsarvområda, blant anna gjennom forvaltingsplanar og betre lokal organisering. I 2018 har alle dei norske verdsarvområda etablerte verdsarvråd, og halvparten av forvaltingsplanane er oppdaterte. Arbeidet med å revidere forvaltingsplanane for Urnes Stavkyrkje og Røros Bergstad og Cirkumferensen held fram. Riksantikvaren, i samarbeid med verdsarvstadane, regional og lokal forvaltning mm, arbeidar med konkretisering av dei faktiske verdsarvverdiane. Desse heng tett saman med oppdraget om å utvikle indikatorar for verdsarven og arbeidet med revidering av forvaltingsplanar og etablering av buffersoner der dei manglar. God forvalting av verdsarvområda avheng òg av betre samordning mellom dei sektorane som påverkar utviklinga i områda. Samordninga mellom aktuelle departement og direktorat som er nedfelt i verdsarvpolitikken, er viktig føresetnad i arbeidet. Som ledd i dette arbeidet vart det i løpet av 2018 etablert eit eige tverrdepartementalt verdsarvforum. Formålet med forumet er å bevisstgjere dei involverte departementa på dei forpliktingane som følgjer av verdsarvkonvensjonen, slik at dei ulike myndigheitene er best mogleg koordinert i forvaltninga av verdsarvområda. Departementa sitt verdsarvforum er leia av Klima- og miljødepartementet og det er lagt opp til halvårlege møte.

Oppfølging av autorisasjonsordninga for verdsarvsenter og utvikling av dei fem autoriserte verdsarvsentra i Alta, på Vega, i Geiranger, i Røros bergstad og Cirkumferensen og på Rjukan-Notodden er prioritert. I 2019 vart det løyvd ekstra midlar med sikte på etablering og autorisasjon av verdsarvsenter for verdsarven Urnes stavkyrkje. Det førebuande arbeidet er i gang.

Internasjonalt er kapasitetsbygging under verdsarvskonvensjonen eit viktig innsatsområde. Noreg medverkar i dette arbeidet gjennom ei satsing ved ei seksårig avtale (2016–2021) med International Union for Conservation of Nature, IUCN og International Centre for the Study of the Preservation and Restoration of Cultural Property, ICCROM om programsamarbeidet «World Heritage Leadership – a new capacity building programme of ICCROM and IUCN». Frå 2017–2021 er Noreg valt inn i Verdsarvkomiteen som er ansvarleg for den internasjonale gjennomføringa av Konvensjonen for verdens kultur- og naturarv. Det inneber auka internasjonalt engasjement og innsats. Noreg skal medverke til å implementere konvensjonen globalt og bidra til å styrkje det faglege grunnlaget for komiteen sitt arbeid.

Noreg arbeider for at verdsarvlista skal bli meir representativ og balansert, både tematisk og geografisk. Som ledd i dette vart 30 mill. kroner frå Utanriksdepartementets budsjett i 2019 brukt til å styrkje verdsarvarbeidet i Afrika med særleg vekt på naturområde. Målet er betre forvaltning av verdsarvområde, «friskmelding» av område på lista over verdsarv i fare, og gode nominasjonar av nye område.

Samarbeid med andre land

Forholdet til Europa er strategisk viktig, og Noreg deltek på ei rekkje arenaer for å fremje Noregs interesser på kulturminnefeltet. I regjeringas strategi for samarbeidet med EU 2018–2021, Noreg i Europa, er det framheva at europapolitikken skal vere aktiv, og den skal utformast og gjennomførast på ein måte som gir størst mogleg gjennomslag for norske interesser og for våre visjonar for Europa. Kulturminnefeltet er påverka av EU innan ei rekkje område. Gjennom EØS-avtala tek Noreg inn EU-direktiv som påverkar vår kulturminneforvaltning. I tillegg har EU såkalla «soft law»-tiltak, som for eksempel det europeiske kulturarvåret og retningsgivande dokument. Den kanskje viktigaste trenden innan EUs kulturminnepolitikk er «mainstreaming». Kulturarv skal adresserast innan sektorar som miljø, forsking og innovasjon, utdanning og tollsamarbeid. EU har òg utarbeidd felles retningslinjer for kvalitet i restaurering av kulturminne.

Regjeringas strategi framhevar vidare EØS-midlane som vårt viktigaste finansielle verkemiddel i europapolitikken. I rolla som programpartnar samarbeider Riksantikvaren tett med Estland, Litauen, Polen, Portugal, Romania, Slovakia og Tsjekkia i kultur- og kulturarvprogramma. Riksantikvaren har òg gått inn i prosjektsamarbeid av strategisk betydning om byutvikling og jamleg vedlikehald av historiske bygningar. EØS-midlane legg til rette for at norsk kulturminnesektor har høve til å tileigne seg ny kunnskap ved å diskutere felles utfordringar med europeiske kollegaer. Blant felta der norsk kulturminnesektor kan dra nytte av erfaringar i andre delar av Europa, er ny/utvida bruk av kyrkjebygningar, kulturarvens samfunnsnytte, tradisjonshandverk og kulturminneforvaltning. EØS-midlane er også ein døropnar til nye nettverk og ein viktig kanal for politisk dialog om kulturminna sin betydning i Europa.

Vidare har Riksantikvaren eit langvarig kulturminnesamarbeid med Russland under det norsk-russiske miljøvernsamarbeidet. Dagens samarbeid tek utgangspunkt i at det under den andre verdskrigen vart bygt til saman 50 leirar i Nordland for sovjetiske, polske og jugoslaviske krigsfangar som vart sette til å byggje ut Nordlandsbanen. Prosjektet skal kartleggje, dokumentere og formidle kunnskap om utvalte fangeleirar.

Gjennom prosjekt i Georgia medverkar Riksantikvaren til å byggje kapasitet innan landets kulturminneforvaltning. Samarbeidet handlar blant anna om berekraftig restaurering og deling av kulturminnedata.

Bevaringsprogramma

I omtala av kulturminne og arbeidet med dei ti bevaringsprogramma i statsbudsjettet for 2017 vart det med utgangspunkt i dei fire gjeldande nasjonale miljømåla på kulturminnefeltet lagt opp til ein gjennomgang av bevaringsprogramma for å vurdere moglege justeringar i måten arbeidet skjer på innanfor det enkelte programmet. Dette «som følgje av at fleire av dei nasjonale måla synast vanskelege å nå innan 2020». Det har vore høg aktivitet og gode resultat i dei ti bevaringsprogramma i 2018. Det har lenge vore klart at målet om ordinært vedlikehaldsnivå for programma i løpet av 2020 vanskeleg kan bli nådd, med eit unntak; stavkyrkjeprogrammet, der bygningsmessig istandsetjing vart ferdig i 2015. Brannsikringa av stavkyrkjene kan ikkje fullføres innan 2020, fordi sikringsnivået er oppjustert. Utfordringane med omsyn til etterslep er størst innanfor programmet for freda kulturminne i privat eige. Nye nasjonale mål vil inngå i ny stortingsmelding.

Uavhengig av denne prosessen har arbeidet som har vore organisert gjennom dei 10 bevaringsprogramma utgjort den viktigaste satsinga i arbeidet med å nå dei nasjonale måla. Det arbeidet som har vore gjort i bevaringsprogramma vil framleis vere både viktige innsatsområde og verktøy i arbeidet med å nå nasjonale mål for kulturminnepolitikken. Korleis dette arbeidet skal føres vidare etter 2020 vil inngå i den nye stortingsmeldinga på kulturminnefeltet.

Kulturminnepolitikken og ambisjonsnivået i dei nasjonale miljømåla har vore behandla i Stortinget ved fleire høve dei siste 20 åra.

I 2018 reiste Riksantikvaren ni motsegner til regulerings- og kommuneplanar. Det er i løpet av året brukt betydelege ressursar på å finne gode løysingar saman med fylke, kommunar og utbyggjarar, slik at ein unngår motsegn. Dette er døme på god og effektiv kulturminneforvalting.

Forenkla saksbehandling i saker som gjeld statlege eigedommar, gjer òg forvaltinga meir effektiv. Stadig fleire saker blir løyste gjennom ein samarbeidsmodell der vedtak blir fatta i møte mellom partane.

Fredingsstrategien fram mot 2020 gir ti prioriterte tema for nye fredingar, slik at fredingslista skal bli meir representativ, både tematisk og geografisk. Betre framdrift i fredingssakene er òg eit viktig tema i strategien. Tala viser at det er langt betre framdrift i fredingssakene no enn på fleire tiår. Det vart vedteke freding i til saman 43 saker i 2018, og 35 nye fredingssaker er starta opp i tråd med fredingsstrategien.

Satsinga Utvalde kulturlandskap i jordbruket er ei tilskotsordning der jordbrukslandskap med store kulturhistoriske og biologiske verdiar blir forvalta etter særskilte vilkår, og gjennom samarbeid mellom eigarar og styresmakter. I 2018 har arbeidet vore prega av utviding av ordninga, etter budsjettauke i Klima- og miljødepartementet og Landbruks- og matdepartementet dei siste åra.

Kort om dei enkelte bevaringsprogramma – status, utfordringar og kva er oppnådd

  • 1. Freda bygningar i privat eige.

    Omfattar ca. 3400 objekt. 33 pst. av bygningane har ordinært vedlikehaldsbehov, 28 pst. har moderat behov og 12 pst. har behov for omfattande utbetringar. 27 pst. har ukjent tilstandsgrad. Det er om lag uendra samanlikna med tala for 2017. Frå og med 2017 går alle tilstandsgrader som er eldre enn 10 år over til ukjent tilstand. Dette forklarer for ein del at auken i talet på utførte tilstandsregistreringar ikkje gir utslag i endring av tilstandsgrad samla sett. Riksantikvaren vil saman med fylka halde fram med satsinga på auka tilstandsregistrering i 2019.

  • 2. Fartøy.

    254 verna og freda fartøy inngår i programmet i dag. Desse fordeler seg som det går fram av tabellen under. Det er ei utfordring med etterslep som følgje av høg forverringsgrad for fartøya, og manglande tilskot til å dekkje akutte og meir langsiktige behov.

Tabell 7.11 Fartøy i bevaringsprogrammet

Status

Antall

Freda

14

Mellombels freda

1

Pågåande fredingssaker

6

Status som verna skip

233

SUM

254

  • 3. Samiske bygningar.

    Det samiske bygningsregistreringsprosjektet for automatisk freda samiske bygningar vart sett i gang i 2011 og formelt avslutta i 2017. Som oppfølging av registreringsprosjektet vart den flytande fredingsgrensa endra til ei fast fredingsgrense i kulturminnelova og inneber at samiske kulturminne frå 1917 eller eldre er automatisk freda.

    Ein del etterarbeid etter registreringsprosjektet stod att og har halde fram inn i 2019. Sametinget og Riksantikvaren reknar med at det totale talet på automatisk freda samiske bygningar vil bli ein stad mellom 900 og 950 når arbeidet er ferdigstilt.

    Bevaringsprogrammet byggjer på registreringsprosjektet (del av tidlegare Kunnskapsløftet), som fastset kva slag bygningar som skal inngå i bevaringsprogrammet.

    Når bygningane er ferdig registrerte og prioriterte, er det ønskeleg å kanalisere istandsetjingsmidlar til bygningar med ein kombinasjon av høg kulturminneverdi og middels eller låg tilstandsgrad.

    I samarbeid mellom Riksantikvaren, Klima- og miljødepartementet og Sametinget vart det utarbeidd forvaltningsprinsipp for dei samiske bygningane. Desse vart vedtekne i Sametinget. I 2018 har Sametinget gjort etterarbeid knytt til prosjektet, med øyremerkte midlar over Riksantikvarens 21-post.

  • 4. Mellomalderruinar.

    Totalt er det registrert 87 lokalitetar med til saman 122 ruinar. Alle desse er automatisk freda etter kulturminnelova, men bevaringsprogrammet er avgrensa til å omfatte 58 av det 87 lokalitetane. Dei fleste konserveringsprosjekta er pågåande arbeid som vil halde fram i fleire år framover. I 2018 vart det arbeidd på 14 ruinar. 25 av ruinane er ferdig konserverte.

  • 5. Verdsarv.

    Noreg har 82 verdsarvområde på Unescos verdsarvliste, der eitt er ført inn på naturkriterium. Dei ulike verdsarvområda er av svært ulik karakter og omfang og med variasjon i den tekniske tilstanden. Nokre av verdsarvområda inneheld objekt som fagleg fell inn under andre program som stavkyrkjer og freda bygningar, fartøyvern og Bark og Berg. For å nå måla om beste praksis for bevaring av verdsarven er ein avhengig av dei andre bevaringsprogramma, både for fagutviklinga som skjer i dei andre programma og for å sjå tilskotsordningane i samanheng. Status er at dei fleste stadene har manglar knytte til forvalting og administrasjon. Den uttalte ambisjonen er at dei norske verdsarvstadene skal vere fyrtårn innan kultur- og naturforvalting i Noreg. Dette handlar om at dei skal ha best mogleg tilstand, formelt vern og forvalting. Forvalting inkluderer i denne samanhengen blant anna oppdatert forvaltingsplan, buffersoner, verdsarvkoordinatorfunksjon, verdsarvråd, overvaking mm. Utfordringar knytt til dette programmet er derfor meir samansett enn for dei andre programma, og alternativ innretning på arbeidet med dette innsatsområdet vil bli vurdert.

  • 6. Utvalde arkeologiske kulturminne.

    Meir enn 100 000 objekt er lagt inn i Riksantikvarens fagdatabase, Askeladden. Ein svært liten del av desse ligg inne i programmet, ca. 450 (omfattar eit større tal lokalitetar). Det er jamn progresjon i programmet og det er i 2018 registrert 455 lokalitetar i Askeladden med ordinært vedlikehaldsnivå som inngår i programmet.

  • 7. Bergkunst.

    Her er det totalt registrert ca. 2000 lokalitetar som alle er automatisk freda etter kulturminnelova og som alle ligg inne i bevaringsprogrammet. Innanfor programmet er det så langt registrert 461 lokalitetar i Askeladden med ordinært vedlikehaldsnivå og progresjonen er sett på som god.

  • 8. Teknisk/industrielle kulturminne.

    15 anlegg er definert som nasjonalt prioriterte anlegg og alle desse inngår i programmet. 11 av desse anlegga er rekna som sette i stand. Gjennom tilskotsposten som er knytt til dette bevaringsprogrammet medverkar Riksantikvaren til at fleire anlegg nærmar seg eit normalt vedlikehaldsnivå, men behova ved fleire av anlegga er framleis store. I tillegg har enkelte anlegg, som tidlegare har fått status som ferdigstilt, fått skadar som medfører at dei likevel har behov for tilskot til istandsetjing. Hovudbildet er at med unntak av tre anlegg – Odda, Rjukanbanen og Haldenkanalen – ligg det an til at 2020-målet kan bli nådd.

  • 9. Stavkyrkjer.

    Det er totalt 28 stavkyrkjer som alle er automatisk freda og inngår i programmet. Istandsetjinga av stavkyrkjene i regi av Stavkyrkjeprogrammet vart avslutta i 2015, med noko mindre arbeid i 2016 og 2017. På grunn av klimaendringane, med større fare for ekstremvêr, er det gjennomført risikovurderingar ved alle stavkyrkjene. Desse er innarbeidde i vedlikehaldsplanar og følgt opp med synfaring og vurdering av avbøtande tiltak i felt.

  • 10. Brannsikring tette trehusmiljø og stavkyrkjer.

    Bevaringsprogrammet har som mål å halde brannsikringa av stavkyrkjene ved like på eit høgt nivå. Samtidig skal rettleiing og tilskot bidra til brannsikring av rundt 180 tette trehusmiljø med gammal verneverdig trehusbusetnad. I 2018 har Riksantikvaren prioritert tilskot til tette trehusområde der brannvesenet sin innsatstid er særleg lang, som for eksempel fiskevær og uthamner som Lyngør og Svinør. 18 av 28 stavkyrkjer har fått tilskot og gjennomført større tiltak i 2018. Tryggleiken blir halden på eit generelt høgt nivå ved årleg service av teknisk anlegg i alle dei 28 stavkyrkjene.

Bevaringsprogramma og tilpassinga til nye nasjonale mål:

Arbeidet med forvaltinga av kulturminne organisert i dei 10 bevaringsprogramma kan beskrivast som ei arbeidsform med hovudformål å oppnå ei systematisk heving av bevaringstilstanden til ulike kulturminnekategoriar. I tillegg ligg det òg eit viktig element av fagleg utvikling og kunnskapsoppbygging i bevaringsprogramma. Programma har tydelege mål formulert i relasjon til 2020-årstalet. I arbeidet med nye nasjonale mål er tanken at ein skal frigjera seg frå konkrete årstalsmål. Det er derfor naturleg at også det vidare arbeidet med bevaringsprogramma blir tilpassa denne endringa.

Bygg og Bevar

Prosjektet Bygg og Bevar har gått føre seg sidan 2009, og er eit samarbeid med Byggenæringas landsforeining. Nettportalen er ein god arena for samarbeid mellom det offentlege og dei private eigarane av freda og verneverdige bygningar. Portalen gir blant anna informasjon om handverkarar med riktig kompetanse, produkt- og bransjeinformasjon om materiale og restaurering og riktig energirehabilitering utan at kulturhistoriske verdiar går tapt. Nettportalen er eit viktig bidrag for å betre rammevilkåra for dei private eigarane. I samarbeid med Byggenæringas landsforeining er dette arbeidet ført vidare i ein ny programfase over fem år (2016–2020).

Nærare om budsjettforslaget

Foreslått løyving knytt til programkategorien er i 2020 på 805,9 mill. kroner på utgiftsida. Dette er ein nedgang på 7,8 mill. kroner eller 1 pst. samanlikna med saldert budsjett for 2019.

Utgifter under programkategori 12.30 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

Pst. endr. 19/20

1429

Riksantikvaren

681 400

697 428

679 566

-2,6

1432

Norsk kulturminnefond

112 170

116 320

126 362

8,6

Sum kategori 12.30

793 570

813 748

805 928

-1,0

Kap. 1429 Riksantikvaren

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Driftsutgifter

147 736

148 540

149 268

21

Spesielle driftsutgifter

39 201

37 719

31 731

22

Fleirårige prosjekt kulturminneforvaltning, kan overførast

23 682

24 708

30 371

50

Tilskot til samisk kulturminnearbeid

3 516

60

Kulturminnearbeid i kommunane

13 600

8 600

8 600

70

Tilskot til automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne, kan overførast

43 489

56 864

33 164

71

Tilskot til freda kulturminne i privat eige, kulturmiljø og kulturlandskap, kan overførast

153 692

159 015

159 015

72

Tilskot til tekniske og industrielle kulturminne, kan overførast

63 435

58 045

58 045

73

Tilskot til bygningar og anlegg frå mellomalderen og brannsikring, kan overførast

45 989

57 575

57 575

74

Tilskot til fartøyvern, kan overførast

61 917

63 226

63 926

75

Tilskot til fartøyvernsenter, kan overførast

15 547

16 214

15 949

77

Tilskot til verdiskapingsarbeid på kulturminneområde, kan overførast

9 224

8 232

8 232

79

Tilskot til verdsarven, kan overførast

60 372

58 690

63 690

Sum kap. 1429

681 400

697 428

679 566

Rolle og oppgåver for Riksantikvaren

Riksantikvaren er direktorat for kulturminneforvalting og Klima- og miljødepartementets rådgivande og utøvande faginstans for forvalting av kulturminne, kulturmiljø og det kulturhistoriske innhaldet i landskapet. Riksantikvaren skal medverke fagleg til departementet sitt arbeid med kulturminneforvalting. Innsats og verkemiddel har i dei siste åra vore særleg knytt til gjennomføring av dei ti bevaringsprogramma for nasjonalt viktige kulturminne, til prosjektet Kunnskapsløftet for kulturminneforvaltinga og til verdiskaping på kulturminneområdet. Riksantikvaren skal i partnarskap med eigarane og næringslivet stimulere til auka verneinnsats og verdiskaping. Direktoratet har òg ein rådgivande funksjon overfor anna offentleg forvalting, allmenta og næringslivet.

I saker der Riksantikvaren utøver mynde etter særlov, skal både kulturminnefaglege og andre samfunnsomsyn leggjast til grunn for avgjerdene. Riksantikvaren har ansvaret for å gjennomføre den statlege kulturminnepolitikken, og har i den samanhengen eit overordna kulturminnefagleg ansvar for arbeidet fylkeskommunane, Sametinget, forvaltingsmusea og Sysselmannen på Svalbard utfører som regionale styresmakter for kulturminne. Tilretteleggings- og stimuleringstiltak skal medverke til at kommunane tek omsyn til kulturminne og kulturmiljø som viktige element og ressursar. Riksantikvaren skal formidle kontakt mellom norske og internasjonale fagmiljø, representere norske styresmakter i relevante internasjonale organ og sjå til at folkerettsleg bindande avtaler om kulturminne og kulturmiljø blir etterlevde.

Post 01 Driftsutgifter

Hovuddelen av løyvinga dekkjer løn og godtgjersler til tilsette, husleige, oppvarming, reinhald, IKT, reiseverksemd, informasjonstiltak og andre driftsutgifter for Riksantikvaren. Posten dekkjer i tillegg kjøp av konsulenttenester til faglege prosjekt og utgreiingar, under dette kostnader knytte til Riksantikvarens drift og oppfølging av elektronisk biletarkiv for miljøforvaltinga. Inntekter knytte til dette blir førte under kap. 4429 post 02 og 09.

Løyvinga på posten kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4429, post 02 og 09, jf. forslag til vedtak II.

Rapport 2018

Størsteparten av midlane er lønnskostnader som utgjer ca. 56 pst. av dei samla driftsutgiftene.

Driftskostnadene har vore reduserte over tid som følgje av effektivisering av drift, reduksjon i arealleige, bortfall av driftsoppgåver, redusert innkjøp, m.m.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Post 21 dekkjer prosjektmidlar til fagleg samarbeid med andre land i samsvar med norske prioriteringar, medlemsutgifter og utgifter knytte til samarbeidsavtaler og utgreiingsarbeid. Midlar til det internasjonale kurset i konservering av tre (ICWCT – International Course on Wood Conservation Technology) blir òg dekte over denne posten. Midlane blir elles nytta til kjøp av vedlikehalds- og istandsetjingstenester for bygningar som Riksantikvaren sjølv har eit eigar-/forvaltingsansvar for.

Riksantikvaren kan lyse ut forskings- og utviklingsmidlar innanfor denne potten, og bestiller utgreiingar blant anna på klima- og energifeltet.

Rapport 2018

I 2018 vart 39,2 mill. kroner nytta innan post 21.

Aktivitet

Lønn, reise og kompetansemidlar tilknytt prosjekt

7 315

Husleige til Kongsvoll fjellstove

2 730

Kjøp av tenester1

29 156

Sum

39 201

1 Digitalisering, Kunnskapsløftet, Sametingets registreringar av automatisk freda samiske bygningar, konsulentar, forskings- og utviklingsmidlar m.m.

Riksantikvaren utarbeidde i 2015 Fredningsstrategi mot 2020 for kulturminneforvaltningen. Fredingsstrategien viser innanfor kva tema Riksantikvaren i dag manglar freda bygg eller anlegg, det vere seg eksempelvis nasjonale minoritetar, handel eller rekreasjon, fritid og folkehelse. Nye fredingssaker skal vere innanfor dei prioriterte tema, og startast opp i eit avgrensa omfang. Fredingsstrategien angir òg korleis kulturminneforvaltinga skal arbeide effektivt og på lag med eigar i nye fredingssaker. Fredningsstrategien fram mot 2020 angir ti prioriterte tema for nye fredingar, slik at fredingslista vår skal bli meir representativ, både tematisk og geografisk. Betre framdrift i fredingssakene er òg eit viktig tema i strategien. Tala viser at Riksantikvaren har langt betre framdrift i fredingssakene no enn på fleire tiår. Det vart vedteke freding i til saman 43 saker i 2018, og 35 nye fredingssaker er starta opp i tråd med fredingsstrategien. Målrettinga av fredingsarbeidet etter dei føringane som vart lagt i fredingsstrategien gir effektar. Stadig fleire eldre fredingssaker blir sluttførte, og nye fredingssaker starta opp i medhald av strategien. Talet pågåande fredingssaker er i ferd med å komme ned på eit meir handterbart nivå for både fylkeskommunane og Riksantikvaren. Dette gjer at nye fredingssaker blir behandla raskare og betre, noko som er til fordel òg for eigarane.

Med forankring i Fredningsstrategi mot 2020 er det brukt midlar til fleire prosjekt med mål om å finne fram til eit representativt utval kulturminne blant minoritetane. Mellom anna er det dei siste åra utført to ulike analysar for å identifisere potensielle områder for kvenske/norsk-finske kulturminne. Dette gjeld for områda Vestsiden av Lyngenfjorden og indre del av Storfjord, og for områda Målselv og Lenvik i Troms. Funna i desse områda blir no inngåande kartlagde gjennom prosjektet. Arbeidet held fram i 2019 og 2020. Delprosjektet for kulturminne etter den skogfinske minoriteten blir avrunda i 2019.

Forprosjekt for kulturmiljøfreding av Henningsvær vart gjennomført i 2018. Arbeidet er vidareført som prosjekt, og i 2019 er oppstart av freding sett i gang. Organiseringa av kulturmiljøfredinga er lagt opp for å svare ut funna og følgjer tilrådingane i evalueringsrapporten av dei freda kulturmiljøa i Noreg som vart utført i 2017.

I 2018 vart det i prosjektet Statens kulturhistoriske eigedommar freda 19 eigedommar knytte til landsverneplan for Kulturdepartementet og Statsbygg.

I 2018 har Riksantikvaren køyrt 4 program på miljøovervaking:

  • Status for verneverdige kulturminne i utvalde kommunar

  • Status for tap og skade på automatisk freda kulturminne i utvalde kommunar

  • Kulturlag i utvalde mellomalderbyar

  • Klimaeffektar på freda bygg

I tillegg er det gjennomført utgreiingar knytt til bruk av ny teknologi i overvaking av kulturminne, kulturmiljø og landskap.

Post 22 Bevaringsoppgåver, kan overførast

Tunge nasjonale bevaringsoppgåver er det i visse tilfelle verken føremålstenleg eller mogleg å gjennomføre ved å dele ut tilskot til lokale prosjekteigarar. I desse tilfella må Riksantikvaren fungere som prosjekteigar. Sidan dette er prosjekt som i dei fleste tilfella går over fleire år, og det ikkje alltid let seg gjere å anslå det eksakte utbetalingsbehovet kvart enkelt år, er midlane plassert på post 22, der dei kan overførast. Dette gjeld fleire store prosjekt, som brannsikring av stavkyrkjer og grunnvassmåling under Bryggen i Bergen, som er avhengig av fleirårige avtaler med leverandørar.

Riksantikvaren har i 2018 arbeidd aktivt med å etablere eit formidlingsopplegg for Klemenskirkeruinen i Søndre gate i Trondheim. Bygget vart ferdigstilt og formidlingskjellaren opna våren 2019. Økonomiske midlar løyvd over statsbudsjettet er blitt nytta til å finansiere utgravinga, etablere formidlingsrommet i kjellaren og kjøpe eigedommen av Angell Næringsbygg AS.

Rapport 2018

Det har vore god progresjon i utbetringa av brannsikringsanlegg på stavkyrkjene.

Andre område der midlar frå post 22 blir nytta er ruinkonservering, konservering av kyrkjekunst og profane mellomalderbygningar.

Post 50 Tilskot til samisk kulturminnearbeid

Regjeringa og Sametinget vart samde om at det frå 2019-budsjettet blei etablert ei budsjettordning der overføringane til Sametinget over statsbudsjettet i utgangspunktet blir samla på ein budsjettpost under Kommunal- og moderniseringsdepartementets budsjett.

Rapport 2018

Sametinget rapporterer til Kommunal- og moderniseringsdepartementet for denne posten.

Post 60 Kulturminnearbeid i kommunane

Det blir gitt tilskot til kommunar som ønskjer å setje i gang, nyleg har sett i gang eller vil rullere eksisterande kulturminneplan. Tilskot blir òg gitt til kompetansemodellar som styrkjer arbeidet lokalt og regionalt. Dette gjeld samarbeid mellom fylkeskommunar, kommunar, museum, Sametinget og frivillige. Òg særskilte satsingar i kommunane kan komme inn under tilskotsposten; døme her i 2019 er Murbyen Oslo (2 mill. kroner).

Rapport 2018

  • 43 kommunar fekk tilskot (100 000 kroner) i 2018 til å utarbeide eller rullere kulturminneplan

  • Det vart gitt tilskot til kompetansemodellar i kommunar og fylkeskommunar, til dømes til samarbeid mellom fleire kommunar som nyttar felles kompetanse for å lage kulturminneplan eller samarbeid mellom kommunar og museum.

  • Rettleiing for kommunane vart oppdatert og forbetra i fleire kanalar.

  • Utviklingsnett vart arrangert for kommunane m.a. om byggesak og kulturminnedata3.

Post 70 Tilskot til automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne, kan overførast

Posten dekkjer utgifter til arkeologiske undersøkingar ved mindre, private tiltak og når særlege grunnar ligg føre.

Delar av midlane under posten er knytte til bevaringsprogrammet for bergkunst (BERG) og for utvalde, arkeologiske kulturminne og kulturmiljø (BARK).

Posten dekkjer òg tilskot til arkeologiske museum, sjøfartsmuseum og Norsk institutt for kulturminneforsking (NIKU).

Posten er òg nytta til finnarløn.

Posten blei mellombels styrkt i 2019 med 19 mill. kroner til Klemenskyrkja.

Mål

Medverke til forvalting av og ivaretaking av kunnskapen om automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne og kulturmiljø.

Kriterium for måloppnåing

Tiltak retta mot sikring, tilrettelegging og dokumentasjon av automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne i bevaringsprogrammet for bergkunst og bevaringsprogrammet for utvalde, arkeologiske kulturminne.

Tiltak retta mot sikring av kunnskap om automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne.

Tildelingskriterium

Målgruppa for tilskotet er tredelt:

Ei målgruppe er private tiltakshavarar. Staten dekkjer som hovudregel utgiftene til registreringar og utgravingar av arkeologiske kulturminne i samband med mindre private tiltak og dersom det ligg føre særlege grunnar, jf. kulturminnelova § 10.

Ei anna målgruppe er forvaltarar av arkeologiske kulturminne. Tilskota blir i hovudsak nytta til oppfølging av dei to bevaringsprogramma utvalde arkeologiske kulturminne og kulturmiljø og bergkunst. Midlane blir tildelte etter søknad til Riksantikvaren.

Midlane nyttast og til naudsynt fagleg assistanse til fylkeskommunane og Sametinget i forvaltingssaker. Midlane dekkjer naudsynt fagleg assistanse frå Norsk institutt for kulturminneforsking (NIKU). Midlane skal vidare nyttast til å dekkje utgifter til naudsynte undersøkingar for å sikre det vitskaplege kjeldematerialet og til anna arbeid for å sikre kulturminnet på staden, til hjelp i kulturminnekriminalitetssaker og ved dei arkeologiske forvaltingsmusea. I tillegg skal midlane dekkje saksbehandling og feltundersøkingar ved sjøfartsmusea.

Posten dekkjer òg finnarløn fastsett etter skjønn av Riksantikvaren i medhald av kulturminnelova § 13.

Oppfølging og kontroll

Riksantikvaren skal kontrollere at tiltakshavar oppfyller kriteria for å få tilkjent dekning av utgifter til registreringar og utgravingar. Riksantikvaren overfører midlar til dei arkeologiske forvaltingsmusea og til regional kulturminneforvalting etter framlegging av rekneskap over forskotterte midlar og etter framlagt sluttrekneskap.

Forvaltarar av arkeologiske kulturminne leverer sluttrapportar på utført arkeologisk arbeid til Riksantikvaren som kontrollerer at arbeidet er utført i samsvar med dei aktuelle vilkåra. I spesielle tilfelle er det òg aktuelt med kontroll på staden.

Forvaltingsinstitusjonar rapporterer om bruk av tildelte midlar.

Rapport 2018

Det er utført tiltak innan dokumentasjon, skjøtsel og sikring av bergkunstlokalitetar over heile landet i regi av Bevaringsprogrammet for bergkunst (BERG) i 2018. Arbeidet er utført av fylkeskommunane, Sametinget og dei arkeologiske forvaltingsmusea, ofte i samarbeid med lokale krefter. Gjennom tilskot i 2018 er det sett i verk nye tiltak innan skjøtsel og tilrettelegging på 154 bergkunstlokalitetar, og det går føre seg arbeid med mange prosjekt som er vidareførte frå tidlegare år.

Det er òg utført metodeutvikling innan dokumentasjon og formidling, og nettverkstiltak slik som dokumentasjonsseminar og prosjektleiarsamling.

Totalt er det gitt 7,3 mill. kroner i tilskot til nye tiltak innanfor BERG i 2018, og det blei utbetalt 5,5 mill. kroner (post 70). Resten av tiltaka held fram i 2019.

Tabell 7.12 Bevaringsprogrammet for bergkunst (BERG)

Bergkunst i Askeladden

Tal lokalitetar

Kommentar

Bergkunstlokalitetar totalt

2 017

Status pr. 29.03.19 for automatisk freda lokalitetar

Enkeltminne bergkunst totalt

3 028

Status pr. 29.03.19 for automatisk freda lokalitetar

Nye skjøtselstiltak i 2017

154

Tilskot 2018

Nye tilretteleggingstiltak i 2017

33

Tilskot 2018

Nye dokumentasjonstiltak i 2017

37

Tilskot 2018

Tilfredsstillande bevarings/ vedlikehaldsnivå

461

Rapportert totalt i programmet

Tilrettelagt for publikum med tilfredsstillande bevarings-/ vedlikehaldsnivå

91

Rapportert totalt i programmet

I løpet av 2018 er det gjennomført skjøtsel og tilrettelegging for publikum i regi av Bevaringsprogrammet for utvalde arkeologiske kulturminne og kulturmiljø (BARK) over heile landet, noko som omfattar 103 lokalitetar i Askeladden.

Eit BARK-prosjekt (tilretteleggingsobjekt) omfattar i dei fleste tilfelle ei gruppe kulturminne som utgjer ein samanheng. Fleire lokalitetar i Askeladden kan derfor inngå i eit prosjekt i BARK. I 2018 vart det sett i gang skjøtsels- og tilretteleggingstiltak i 32 slike BARK-prosjekt. Parallelt går det føre seg arbeid med ei rekkje prosjekt som er sette i gang frå tidlegare år. Arbeidet blir utført av fylkeskommunar og Sametinget i samarbeid med kommunane og andre lokale krefter. Så langt i programmet er 98 slike tilretteleggingsprosjekt fullførte.

Nettverkstiltak er viktig for å nå måla i programmet og det blei gjennomført eit skjøtselsseminar for fylkeskommunane og Sametinget i 2018.

Totalt vart det gitt 2,6 mill. kroner i tilskot til tiltak innanfor BARK i 2018, og det blei utbetalt 1,9 mill. kroner (post 70). Andre tiltak held fram i 2019.

Tabell 7.13 Bevaringsprogrammet for utvalde, arkeologiske kulturminne og kulturmiljø (BARK)

Skjøtsel og tilretteleggingstiltak

BARK prosjekt og kommunar

Kommentar

Nye tiltak

32 (103 lokalitetar)

Tilskot 2018

Fullførte prosjekt totalt

98

I perioden 2012–2018

Kommunar der det er utført eller går føre seg BARK-tiltak

160 kommunar

I perioden 2012–2018

Tilfredsstillande bevarings/ vedlikehaldsnivå

455

Rapportert totalt i programmet

Tilrettelagt for publikum med tilfredsstillande bevarings-/ vedlikehaldsnivå

431

Rapportert totalt i programmet

Det er gjennomført ei rekkje arkeologiske undersøkingar i 2018 knytt til ordninga der staten dekkjer utgifter til arkeologiske undersøkingar i samband med mindre, private tiltak, og dersom det ligg føre særlege grunnar, mellom anna 5,6 mill. kroner for utgraving av ein steinalderlokalitet i samband med bygging av ein einebustad på Austevoll i Hordaland. I samband med dei arkeologiske undersøkingane på Avaldsnes er det gitt 2,5 mill. kroner til sikring av ruinar frå mellomalderen.

Midlar frå posten er i 2018 blant anna òg brukt til å dekkje arkeologiske etterundersøkingar av gravfunn som har vore ukyndig gravd fram av private metalldetektoristar, forundersøking for å kartleggje skadeomfang etter tagging i heller frå steinalder i Møre og Romsdal, og sikring av ei samisk urgrav i Nordland.

Tabell 7.14 Tiltak til automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne 2018

Tiltak

Tal på saker

Tilskot (i 1 000 kr)

Merknader

Mindre private tiltak. Direkte tilskot frå RA

29

11 716

Midlane blir betalte ut til den institusjonen som gjennomfører utgravinga

Mindre, private tiltak. Tilskot til fylka i samband med prøveprosjekt med delegert mynde.

1 086

Særlege grunnar. Direkte tilskot frå RA

14

12 266

Sikring av arkeologiske kulturminne og vitskapleg kjeldemateriale

7 494

Andre prioriterte myndigheitsoppgåver ved dei arkeologiske forvaltingsmusea

1 000

Saksbehandling ved sjøfartsmusea

6 550

Finnarløn

0

0

Bevaringsprogrammet for bergkunst (BERG)

7 303

Sjå ovanfor

Bevaringsprogrammet for utvalte arkeologiske kulturminne og kulturmiljø (BARK)

2 922

Sjå ovanfor

Sum

50 337

Post 71 Tilskot til freda kulturminne i privat eige og kulturmiljø og kulturlandskap, kan overførast

Midlane på posten går i hovudsak til bevaringsprogrammet freda bygningar i privat eige. Kulturmiljø, kystkultur og kulturlandskap får òg tilskot frå posten.

Mål

Freda og andre særleg verdifulle kulturminne, kulturmiljø og kulturlandskap i privat eige skal vere sette i stand til ordinært vedlikehaldsnivå innan 2020.

Kriterium for måloppnåing

  • Tiltak retta mot freda bygningar og anlegg i privat eige.

  • Tiltak retta mot freda eller spesielt verneverdige kulturminne og kulturmiljø langs kysten.

  • Tiltak retta mot freda kulturmiljø og andre særleg verdifulle kulturmiljø og landskap.

Tildelingskriterium

Målgruppa er private eigarar og forvaltarar av bygningar, anlegg, kulturmiljø og landskap som er vedtaksfreda, automatisk freda, mellombels freda eller der fredingssak er under behandling. Tilskot skal dekkje meirutgifter, heilt eller delvis, i samband med antikvarisk sikring, istandsetjing, vedlikehald og skjøtsel av freda kulturminne og kulturmiljø, i samsvar med fredingsføremålet. Tilskot blir også gitt til eigarar med tyngande vedlikehalds- og istandsetjingsansvar. Følgjande prioriteringar gjeld: tiltak som stansar og hindrar ytterlegare forfall, mellombels sikring og tiltak som sikrar bygningar og anlegg det finst få av.

Andre målgrupper er private eigarar og forvaltarar av freda kulturminne og kulturmiljø som er typiske for liv og verksemd langs kysten. Tilskota blir fordelte på grunnlag av følgjande prioriteringar: tiltak som stansar og hindrar ytterlegare forfall, mellombels sikring og tiltak som sikrar kulturminne og kulturmiljø som det finst få av. I arbeidet med kystkulturen skal det i særleg grad leggjast til rette for at kulturminne og kulturmiljø kan medverke til å skape attraktive lokalsamfunn.

Ei anna viktig målgruppe er private eigarar og forvaltarar, i første rekkje knytt til dei ti freda kulturmiljøa, men òg til andre særleg verdifulle kulturmiljø og landskap. Tilskota skal primært tildelast tiltak som er forankra i forvaltings- og skjøtselsplanar.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakaren skal levere sluttrapportar på utført arbeid til fylkeskommunen/Sametinget som skal sjå til at arbeidet er utført i samsvar med dei vilkåra som er sette. Fylkeskommunen/Sametinget skal rapportere til Riksantikvaren.

Når det gjeld den siste målgruppa og tilskot til dei ni freda kulturmiljøa og til andre særleg verdifulle kulturmiljø og landskap, skal tilskotsmottakaren levere sluttrapportar på utført arbeid til Riksantikvaren som skal sjå til at arbeida blir utførte i samsvar med dei aktuelle vilkåra. Fagleg oppfølgingsansvar kan leggjast til fylkeskommunen/Sametinget.

I spesielle tilfelle er det òg aktuelt med kontroll på staden.

Rapport 2018

I 2018 vart det brukt 152 mill. kroner i bevaringsprogrammet for freda bygningar i privat eige. Hovuddelen av posten blei fordelt til fylkeskommunar som vil setje i gang eit utval prioriterte prosjekt. På den måten vil midlane blir meir konsentrerte, slik at fleire prosjekt blir avslutta, og effekten av den offentlege innsatsen blir tydelegare. I alt vart det i 2018 gitt tilskot frå fylkeskommunane og Riksantikvaren til om lag 370 søkjarar som eig hus i bevaringsprogrammet. I 2017 vart det innført at tilstandsregistreringar eldre enn 10 år skulle sjåast på som ukjent tilstand (TG 9). Det har ført til at heile 27,3 pst. av den freda bygningsmassen i privat eige har ukjent tilstand. I tillegg er det mange registreringar som tek til å bli gamle og derfor usikre. I 2017 vart det frå Riksantikvarens side oppretta ei tilskotsordning på 2 mill. kroner, der fylka kunne søkje om støtte til oppdatering av tilstandsregistreringar som hadde ukjent tilstand eller ei tilstandsregistrering som var eldre enn sju år. Ordninga vart ført vidare i 2018, og det vart utført nye registreringar på ca. 575 bygningar. Enkelte fylke nytta dette høvet godt, mens responsen frå andre var dårlegare. Riksantikvarens mål er at ukjent tilstandsgrad skal reduserast til maks 3 pst. i løpet av sommaren 2019. For å få til dette er tilskotsordninga for tilstandsregistreringar auka til 5 mill. kroner i 2018. 2,2 mill. kroner blei overført til Sametinget for sikring og istandsetjing av eit mindre utval samiske bygningar. Frå heile registreringsperioden kom talet på registrerte bygningar opp i ca. 1100 i 2017, mens ca. 900 av desse er registrerte som automatisk freda og inngår i bevaringsprogrammet. Til no er 468 av dei samiske bygningane registrerte i Askeladden.

Post 72 Tilskot til tekniske og industrielle kulturminne, kan overførast

Mål

Formålet er å ivareta tekniske og industrielle kulturminne som viser Noregs utvikling som industrinasjon.

Målgruppa er eigarar og forvaltarar av tekniske og industrielle kulturminne, men òg brukarar og samfunnet elles.

Gjennom bevaringsprogrammet for tekniske og industrielle kulturminne har Stortinget prioritert 15 anlegg som representerer delar av Noregs industrihistorie. Målet med bevaringsprogrammet er å setje i stand og vedlikehalde dei prioriterte tekniske og industrielle anlegga. Med dette er meint normalt vedlikehaldsnivå innanfor eit definert omfang. Av dei 15 anlegga i bevaringsprogrammet har 11 anlegg status som «ferdigstilt». Med ferdigstilt er meint at anlegget er sett i stand til eit normalt vedlikehaldsnivå.

Ferdigstilt må i denne samanhengen ikkje forståast som «ferdig» eller «sluttført». Tekniske og industrielle kulturminne vil òg etter at dei har oppnådd eit normalt vedlikehaldsnivå ha behov for tilskot til fortløpande vedlikehald og istandsetjing.

Kriterium for måloppnåing

Tilskotet skal medverke til å sikre, og halde ved lag eller betre tilstandsgraden for tekniske og industrielle kulturminne.

Måloppnåing i bevaringsprogrammet

Anlegga skal vere sette i stand og ha eit normalt vedlikehaldsnivå med minimum tilstandsgrad 2 i eksteriør.

Interiør/maskinpark skal vere sett i stand og ha eit normalt vedlikehaldsnivå der dette er vurdert som ein del av anlegget sitt omfang. Dette må ikkje forvekslast med drift eller produksjon, men inngår som ein del av det fortløpande vedlikehaldet av anlegga.

Anlegga er sjølve ansvarlege for å oppdatere objekta sin tilstandsgrad gjennom årleg revisjon av verksemdsplanen.

Verksemdsplan

Verksemdsplanar tek for seg anlegga sine behov for sikring, istandsetjing, og vedlikehald. Planane blir oppdaterte årleg, og skal gi forvaltinga og anlegga ei felles forståing av behov fram mot måloppnåing.

Som ein del av grunnlaget for å kunne vurdere måloppnåinga i bevaringsprogrammet skal Riksantikvaren ha kunnskap om kva anlegg som har gjennomført risikovurdering knytt opp mot brann, klima/miljø/naturskadar. Dette skal gå fram av verksemdsplanane.

Tildelingskriterium

Ikkjestatlege eigarar og forvaltarar av tekniske og industrielle kulturminne kan søkje om tilskot. Frist for innsending av søknad om tilskot frå statsbudsjettet 2020 er 1. november 2019.

Riksantikvaren fordeler midlane på posten etter søknad til konkrete tiltak innanfor sikring, istandsetjing og vedlikehald av tekniske og industrielle kulturminne. Anlegga i bevaringsprogrammet skal prioriterast. Det kan og bli løyvd midlar til andre anlegg som representerer og dokumenterer Noregs tekniske og industrielle historie. Riksantikvaren kan sjølv prioritere og initiere andre oppgåver og tiltak.

Sektorprinsippet skal liggje til grunn, og det skal følgjeleg ikkje givast tilskot til kulturminne i statleg eige. Det skal heller ikkje givast tilskot til museal drift og/eller verksemd.

Ved fordeling av tilskot skal Riksantikvaren prioritere:

  • Tiltak som stansar og hindrar ytterlegare forfall, og tiltak som er naudsynte for å fullføre pågåande arbeid med istandsetjing og vedlikehald som er sett i gang med tilskot frå Riksantikvaren.

  • Tilskot til forvalting, drift og vedlikehald av anlegga i bevaringsprogrammet

  • Tiltak som i første omgang sikrar måloppnåing i bevaringsprogrammet, og deretter for heile tilskotsposten

  • Tiltak knytt til bevaring gjennom dokumentasjon

  • Tiltak som inneber moglegheitsstudiar

  • Tiltak som inneber kulturminne- og tilstandsregistrering av objekt utanfor bevaringsprogrammet.

Vidare må Riksantikvaren:

  • Vurdere realismen i prosjektet si praktiske og økonomiske gjennomføring

  • Leggje vekt på om prosjektet har andre økonomiske bidragsytarar, og eigaren si eigenfinansiering og -innsats

Tiltak det blir gitt tilskot til skal gjennomførast etter antikvariske retningslinjer og i samsvar med andre retningslinjer frå Riksantikvaren.

Forvalting, drift og vedlikehald

Til anlegga i bevaringsprogrammet skal det prioriterast tilskot til forvalting, drift og vedlikehald (FDV). Tilskot til FDV skal medverke til å oppretthalde anlegga sine kompetanse og betre anlegga sin tilstandsgrad. Innanfor rammene av dette kan tilskotet dekkje kostnader som er naudsynte for at bygg, eksisterande tekniske system og installasjonar skal fungere.

FDV-stillingar som får tilskot til løn frå Riksantikvaren skal primært følgje opp vedlikehald og istandsetjing av dei objekta som inngår i Riksantikvaren sitt bevaringsprogram. Berre ein mindre del av tilskotet til løn kan nyttast til eigenadministrasjon.

Desse postane skal ikkje prioriterast ved tilskot:

  • Trygding

  • Telefon/internett

  • Husleige

  • Kommunale skattar, avgifter og renovasjon

  • Snørydding, klipping av gras og anna ordinær utomhus skjøtsel

  • Oppvarming i publikumsareal utover frostsikring

  • Vakthald

  • Museal verksemd og formidling

  • Drivstoff, drift og vedlikehald av bilar og større verktøy, der det ikkje er avtalt særskilt med Riksantikvaren

  • Nye stillingar, unntaket er der det er kompetanseoverføring/lærlingar/leigd hjelp

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakaren skal levere sluttrapportar på utført arbeid til Riksantikvaren som ser til at arbeida er utførte i samsvar med dei aktuelle vilkåra. Meir detaljert informasjon om rapporteringskrava blir gitt i dei enkelte tilskotsbreva. Kontrollen av tilskotsmottakaren skjer gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og innsende rapportar. Oppfølging på staden er særleg aktuelt og viktig for å sikre at arbeidet vert utført i samsvar med økonomireglementet for staten og antikvariske retningslinjer.

Særskilt oppfølging i 2018 og 2019

Bevaringsprogrammet for tekniske og industrielle kulturminne vart oppretta for å medverke til å nå dei nasjonale måla. Frå 2020 trer den nye regionreforma i kraft. Som ein del av denne skal etter planen tilskotsforvaltinga for post 72 overførast til dei nye regionane. På bakgrunn av dette skal Riksantikvaren gjennomføre ei evaluering av tilskotsordninga for bevaringsprogrammet for tekniske og industrielle kulturminne.

Anlegga i bevaringsprogrammet er i hovudsak organiserte som museum og fleire av desse får støtte til museumsverksemda frå Kulturdepartementet. Riksantikvaren skal, etter initiativ frå Klima- og miljødepartementet, gå i dialog med Kulturdepartementet for å definere og gjere tydeleg grensegangen og ansvarsforholda mellom dei to departementa sine tilskotsordningar. Ein viser til den gjeldande samarbeidsavtala som bl.a. er omtalt i St.prp. nr. 1 (1996–97). Dette vil både vere viktig som ein del av evalueringa av dagens tilskotsordning, men òg som ei førebuing før overføring av ansvar til regionane frå 2020.

Rapport 2018

I 2018 omfatta bevaringsprogrammet for tekniske og industrielle kulturminne 15 prioriterte anlegg. Det vart gitt 59,464 mill. kroner til istandsetjing, forvalting, drift og vedlikehald av dei 15 anlegga i bevaringsprogrammet tekniske og industrielle kulturminne. Mesteparten av tilskot til FDV gjekk til tilskot til lønn for å sikre kompetansen på anlegga.

Tilskotsfordelinga til bevaringsprogrammet har fram til i dag hatt ein positiv effekt for å nå målsetjinga om normalt vedlikehaldsnivå.

I 2018 hadde 11 av 15 anlegg status som ferdigstilt. Samtidig er det tydeleg at behova ved fleire av anlegga er langt større enn det som kan dekkjast ved ei rein framskriving av tilskotsposten, under dette Rjukan-banen, Odda smelteverk og Haldenkanalen.

For å styrkje kompetansen innan forvalting, drift og vedlikehald, og medverke til nettverksbygging, samarbeid og auka kunnskap omkring denne typen kulturminne, arrangerer Riksantikvaren eit årleg fagseminar for dei prioriterte anlegga. Fagseminaret blir arrangert i samarbeid med anlegga i bevaringsprogrammet og fylkeskommunane. Det er ei målsetjing at dette forumet blir ført vidare og utvikla.

I 2018 vart Riksantikvaren sitt fagseminar gjennomført på Fetsund Lenser og Haldenkanalen, og i 2019 vart seminaret halde i samarbeid med Folldal gruver.

Tabell 7.15 Tilskot til tekniske og industrielle kulturminne 2018

Anlegg

Innskrive

Status

Tilskot overført frå 2016 til 2017

Tilskot (istandsetjing)

FDV

Odda smelteverk

2013

Ikkje sett i stand

11 570

7 298 770

1 004 003

Tyssedal kraftverk

1997

Sett i stand

1 350 500

Sjølingstad Uldvarefabrik

1997

Sett i stand

86 370

125 000

3 284 044

Salhus Tricotagefabrik

1997

Sett i stand

998 922

3 081 000

Bredalsholmen Dokk

2015

Ikkje sett i stand

52 221

1 870 252

1 351 151

Kistefos Træsliberi

2002

Sett i stand

30000

625 821

1 492 562

Spillum Dampsag og Høvleri

1997

Sett i stand

3 136 088

Atlungstad Brenneri

2013

Sett i stand

1 901 578

Neptun Sildoljefabrik

1997

Sett i stand

90 000

1 874 000

Rjukanbanen

2011

Ikkje sett i stand

8 240 673

2 813 755

Haldenkanalen

2013

Ikkje sett i stand

4 539 296

1 636 643

Næs jernverksmuseum

1997

Sett i stand

23 386

314 600

1 421 391

Folldal gruver

2002

Sett i stand

904 679

3 288 500

Klevfos Cellulose- og Papirfabrik

1997

Sett i stand

102 246

806 581

1 218 866

Fetsund Lenser

1997

Sett i stand

15 000

1 029 000

3 553 042

Andre tilskotsmottakarar frå posten

Gamle Vossebanen

1 700 000

Blindheim Kalkovn

100 0001

Skaland Grafittverk

300 000

Tjørvåg Spekkeri

460 0001

Gloster Gladiator

478 7501

Bergen kringkaster

60 000

Sagflaten klebersteinsbrudd

5000

SKA 205 nr 2 Skiftetraktor

90 000

Nes Gardssag

279 096

Sulitjelma gruver

232 9801

Indre Offerdal sagbruk

1 000 000

Thamshavnbanen

81 4001

1 Midlar overførte frå statsbudsjettet i 2017 til 2018

Post 73 Tilskot til bygningar og anlegg frå mellomalderen og brannsikring, kan overførast

Tilskotsordninga er knytt til dei fire bevaringsprogramma restaurering av stavkyrkjer, konservering av mellomalderruinar, istandsetjing av freda bygningar i privat eige, og brannsikring av stavkyrkjer og tette trehusmiljø. Frå 2018 er det òg oppretta ei tilskotsordning for brannsikring av mellomalderkyrkjer i stein.

Mål

Restaurering av dei 28 stavkyrkjene blei ferdigstilt i 2015 slik at dei no har oppnådd eit ordinært vedlikehaldsnivå. Sidan 2016 er fortløpande vedlikehald og tjørebreiing av stavkyrkjene bli prioritert. Prioriterte ruinar og profane bygningar frå mellomalderen skal ha eit ordinært vedlikehaldsnivå innan 2020. Bevaringsprogrammet for brannsikring har som mål at branntilløp og brann i stavkyrkjer, og brannspreiing mellom hus i tette trehusmiljø, skal unngåast.

Kriterium for måloppnåing

  • Tiltak retta mot stavkyrkjer, profane bygningar og prioriterte ruinar frå mellomalderen, og opplysningar om tilstandane til desse kulturminna.

  • Brannsikringstiltak i stavkyrkjer og tette trehusmiljø.

  • Eventuell brann eller branntilløp i stavkyrkjer og om tilfelle av brannspreiing mellom hus i tette trehusmiljø.

Tildelingskriterium

Målgruppa er eigarar og forvaltarar av automatisk freda bygningar og anlegg frå mellomalderen og eigarar av utvalde tette trehusmiljø. Midlane skal gå til vern, sikring og beredskapsarbeid. Dette inkluderer brannsikringstiltak, vedlikehaldsprogram for stavkyrkjene og sikring av verdifull kyrkjekunst i desse kyrkjene. Det skal òg ytast tilskot til sikrings- og restaureringstiltak på mellomalderbygningar og mellomalderruinar. Det blir lagt vekt på prosjekt som har overføringsverdi når det gjeld brannsikring av andre verdifulle kulturminne og kulturmiljø.

Istandsetjingstiltak skal gjennomførast etter antikvariske retningslinjer og i samsvar med eventuelle andre retningslinjer frå Riksantikvaren. Riksantikvaren kan sjølv prioritere og initiere oppgåver og tiltak på særleg viktige prosjekt.

I medhald av St.meld. nr. 26 (2006–2007) Regjeringens miljøpolitikk og rikets miljøtilstand skal 45 av ruinane, inkludert dei 12–15 største anlegga, takast vare på. Vidare skal ruinar som engasjerer lokalmiljøet prioriterast.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakar må levere sluttrapport på utført arbeid til Riksantikvaren. Rapporten må òg innehalde ein økonomisk rapport. Meir detaljert informasjon om rapporteringskrav blir gitt i dei enkelte tilskotsbreva. Riksantikvaren kontrollerer at arbeida blir utførte i samsvar med dei vilkåra som er sette. Kontroll på staden er òg aktuelt.

Rapport 2018

Gjennom bevaringsprogrammet for ruinar er det i 2018 utført konserveringsarbeid på 14 ruinanlegg. Blant dei største anlegga er Steinvikholm og Tautra i Nord-Trøndelag, Holla kyrkjeruin i Telemark og Selje kloster og helgenanlegg i Sogn og Fjordane. I tillegg til konservering blir det arbeidd med forskings- og utviklingsoppgåver (FoU), skjøtsel, informasjon og formidling samt kompetanseutvikling. Overordna for FoU-oppgåvene er supplering og forbetring av datagrunnlaget i kulturminnedatabasen Askeladden. Undersøking av ruinområda med geofysiske metodar (georadar) og oppmåling er derfor viktige oppgåver. Arbeidet går godt, men fleire av ruinane har meir omfattande konserveringsbehov enn først antatt. Det blir lagt stor vekt på å leggje grunnlaget for god forvaltning og skjøtsel etter at bevaringsprogrammet er over. Kompetanseutvikling og målretta bruk av denne kompetansen er sentralt.

Stavkyrkjeprogrammet vart formelt avslutta i 2015, men det er noko etterarbeid, for å sikre god vidare forvalting av denne unike bygningsgruppa. I 2017 vart vedlikehaldsplanane for kyrkjene ferdigstilte. På bakgrunn av klimaendringane, med større fare for ekstremvêr, er det gjennomført risikovurderingar for stavkyrkjene som er innarbeidde i vedlikehaldsplanar og følgt opp med synfaring og vurdering av avbøtande tiltak i felt.

Tilskot til hus frå mellomalderen blir òg tildelt frå denne posten. Arbeida spenner frå større utbetringar av lafteverk til tradisjonell taktekking og refundamentering. 244 mellomalderbygningar inngår i Bevaringsprogrammet for freda bygningar i privat eige. For desse er Riksantikvaren forvaltingsansvarleg.

Tilstandsfordelinga for mellomalderbygningane er ved utgangen av 2018 at 29 pst. er i god stand, 33 pst. har moderate istandsetjingsbehov og 7 pst. treng omfattande istandsetjing. For 30 pst av bygningane er det meir enn 10 år sidan siste tilstandsregistrering og dei er dermed overført til kategorien ukjent tilstand.

Til brannsikring av stavkyrkjene vart det i 2018 fordelt 26,6 mill. kroner frå postane 73 og 22.

18 av 28 stavkyrkjer har fått tilskot og gjennomført større tiltak i 2018.

Fleire sikkerheitstiltak medverkar til at brannsikringa av stavkyrkjene er halde på eit høgt nivå. Sikringssystema blir kontrollerte og haldne ved like regelmessig. Storkontroll av sprinklaranlegg er gjort suksessivt i 2016–2018. Områdesikring og bygningssikring er andre tiltak.

Sikkerheitsnivået er sett noko høgare enn tidlegare. Organisatoriske/tekniske tiltak står att før sikkerheitsnivået er i kategori tilfredsstillande.

Riksantikvaren har i 2018 hatt samordningsmøte der politi, brannvesen, teknisk etat og eigarar har diskutert ansvar og roller ved hendingar. I tillegg har Riksantikvaren fått utført testar av brannslokking med fjernstyrte robotar, og det er gitt tilskot til fullskalatestar av ulike typar sløkketeknologi.

For å sikre verdifulle tette trehusmiljø inngår Riksantikvarens tilskotsordning som ei delfinansiering av tekniske brannsikringstiltak for å redusere risikoen for større områdebrannar/bybrannar.

Det er fordelt ca. 9,2 mill. kroner til brannsikring av tette trehusmiljø i 2018. Tilskota har i hovudsak gått til tekniske sikringstiltak som alarm- og sløkkeanlegg, f.eks. loft- og fasadesprinklar og utvendige brannslangar. Det er frå 2016 også gitt tilskot til utarbeiding av brannsikringsplanar, då slike planar er ein føresetnad for brannsikringsarbeidet vidare.

Riksantikvaren har også i 2018 prioritert tilskot til tette trehusområde der brannvesenet si innsatstid er særleg lang, for eksempel fiskeværet Å og uthamnene Lyngør og Svinør som ligg på øyar langt frå brannvesen. Det er òg tildelt tilskot til den tette trehusbusetnaden i verdsarvstadene Rjukan og Røros.

Det er gitt tilskot til brannsikring av mellomalderkyrkjer i stein på til saman 10 mill. kroner i 2018. For mange kyrkjer skal det installerast automatiske sløkkeanlegg. Tilskotsordninga føreset kommunal eigenandel og krev planlegging og skånsam installasjon og det er derfor lagt opp til ein toårsprosess frå tilsegn til ferdig montasje.

Post 74 Tilskot til fartøyvern, kan overførast

Midlane på posten går til bevaringsprogrammet for fartøy.

Bevaringsprogrammet for fartøy har som mål å sikre at fartøy som er freda og eit representativt utval fartøy som har avtale med Riksantikvaren om vern har eit normalt vedlikehaldsnivå innan 2020.

Målet med ordninga:

Målet med tilskotsordninga er å sikre, setje i stand og ta vare på freda fartøy og eit utval av fartøy som er tildelt status som verna skip, der eigar skriftleg har akseptert å følgje Riksantikvaren sine antikvariske retningsliner. I denne samanhengen skal «sikre» forståast som å sikre mot tap og «ta vare på» som å haldast i operativ stand.

Kriterium for måloppnåing

  • At fartøy blir sikra mot tap

  • At fartøy blir haldne i operativ stand

  • At fartøy oppnår forbetra tilstandsgrad

  • At fartøy beheld sertifikata

Tildelingskriterium

Målgruppa er eigarar og forvaltarar av freda fartøy og fartøy der det er inngått avtale mellom Riksantikvaren og fartøyeigar om status som verna skip.

Frist for innsending av søknad om tilskot frå statsbudsjettet 2020 er 1. november 2019.

Riksantikvaren fordeler midlane etter søknad til konkrete restaurerings-, istandsetjings og vedlikehaldsarbeid. Riksantikvaren kan på eige initiativ prioritere og initiere oppgåver og tiltak. Eit grunntilskot til Norsk Foreining for Fartøyvern blir tildelt frå denne posten, etter søknad frå foreininga.

Tilskot til tiltak innan sikring, istandsetjing og ivaretaking skal tildelast etter ei vurdering av følgjande:

  • Fartøyeigar sin frivillige innsats, og realismen i den praktiske og økonomiske gjennomføringa av prosjektet det er søkt om.

  • Fartøyet sin verneverdi og representativitet

  • Om fartøyet har kjent tilstandsgrad, om det føreligg det ein teknisk-historisk dokumentasjonsrapport, eventuelt restaureringsplanen. Det må føreligge naudsynt dokumentasjon til at prosjektet kan ta tilstrekkelege antikvariske omsyn for tiltaka det søkjast tilskot til.

  • Fartøyeigar sitt bidrag til formidling av fartøyet

  • Andre bidragsytarar, lokalt, regionalt og nasjonalt

  • Risikoen for lågare tilstandsgrad, eventuelt tap av fartøyet

Tiltak det blir gjeve tilskot til skal gjennomførast etter antikvariske retningslinjer og i samsvar med andre retningsliner frå Riksantikvaren. For å sikre ei kostnadseffektiv gjennomføring av vedlikehalds- og istandsetjingstiltak, skal Riksantikvaren prioritere fartøy med kjent tilstand, restaureringsplan og ein teknisk-historisk dokumentasjonsrapport.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakar skal levere sluttrapport på utført arbeid som det er gitt tilskot til. Rapporten skal òg omfatte ein økonomisk rapport til Riksantikvaren. Meir detaljert informasjon om rapporteringskrava blir gjeve i tilskotsbreva. Riksantikvaren skal kontrollere at arbeida blir utførte i samsvar med vilkåra som er sette i tilskotsbreva. Oppfølging på staden er særleg aktuelt og viktig for å sikre at arbeidet vert utført i samsvar med økonomireglementet for staten og antikvariske retningslinjer.

Rapport 2018

Mål

Bevaringsprogrammet for fartøy har som mål at eit representativt utval fartøy som er freda eller har avtale om vern med Riksantikvaren skal ha et normalt vedlikehaldsnivå innan 2020. Ein tilstand av normalt vedlikehaldsbehov må ikkje forvekslast med at arbeidet er sluttført. Eit fartøy som er ferdig restaurert vil ha en situasjon av «normalt vedlikehald» i frå tre til syv år. Dette strekast under i Prop. 1 S (2012–2013).

Status og resultat

I 2018 har Riksantikvaren prioritert ytterlegare:

  • 1. Vidareføre og ferdigstille prosjekt som er sette i gang med tilskot frå Riksantikvaren

  • 2. Vidareføre prosjekt som beslaglegg slipp eller dokk med arbeid som er finansiert av Riksantikvaren

  • 3. Freda fartøy

  • 4. Fartøy som står i fare for å miste sertifikat utan utbetringar

  • 5. Fartøy med stor frivillig innsats

Ved utgangen av 2018 var det 254 fartøy på vernelista. Av desse er 15 (14 + 1 mellombels) freda. I 2018 er det gitt tilskot til 50 fartøy, 8 SAVOS-fylke/kommunar og 2 ikkje-fartøy på til saman kr. 62 181 00,- (Tilskotsposten + overførte midlar). SAVOS-fylka/kommunar i 2018 er; Vest-Agder, Hordaland, Møre og Romsdal, Trøndelag, Rogaland, Sogn og Fjordane, Oppland og Bremanger kommune. Ikkje-fartøya som har motteke tilskot er Norsk Foreining for Fartøyvern og FDV Rjukanbanen.

Post 75 Tilskot til fartøyvernsenter, kan overførast

Midlane frå post 75 skal gå til fellestenester ved fartøyvernsentra i Noreg. Fartøyvernsentra får, etter søknad, midlar til fellestenester over post 75. Frist for søknad om tilskot frå post 75 frå statsbudsjettet 2020 er 1. oktober 2019. Tilskot frå posten skal prioriterast og fordelast av Riksantikvaren etter vurdering av fartøyvernsentra sine søknader og fartøyvernets behov. Søknadene skal innehalde framlegg til budsjett og disponering av tid og kostnader knytt til gjennomføring av oppgåver innan fellestenestene, samt eventuelle investeringar i anlegg og utstyr. Det er ikkje eit krav at midlane blir fordelte likt mellom dei tre sentra.

Målet for ordninga

Fartøyvernet i Noreg følgjer prinsippet om vern gjennom bruk. Dette medfører at fartøya må haldast operative, slik at dei i størst mogleg grad kan vere tilgjengelege for publikum.

Føremålet med dei tre fartøyvernsentra er at kunnskap knytt til handverk innan istandsetjing og vedlikehald av fartøy blir bevart i eit langsiktig perspektiv. Dette skal skje gjennom utøving av fellestenester. Kunnskapen dei vinn skal dokumenterast og mellom anna gjerast tilgjengeleg for forvaltinga, fartøyeigarar, andre verft/båtbyggjeri og andre aktørar i fartøyvernet. Tilskot frå post 75 skal sikre at dei tre fartøyvernsentra kan utføre fellestenester uavhengig av økonomiske konjunkturar i samfunnet.

Riksantikvaren gjennomførte og leverte i 2018 ei evaluering av ordninga med fartøyvernsentra og denne tilskotsposten. I medhald av Nasjonal verneplan for fartøy 2010–2017, og evalueringa har Riksantikvaren, saman med fartøyvernsentre, revidert fellestenestane. Revisjon av fellestenestene blei sluttført før fartøyvernsentra sin søknadsfrist for 2019.

Riksantikvaren har også sett i gang tiltak for å følgje opp dei andre tilrådde tiltaka etter evalueringa og vidarefører dette arbeidet fortløpande.

Kriteria for måloppnåing

  • At kunnskap om fartøy, handverk og teknikkar som er naudsynt for å setje i stand og vedlikehalde fartøy blir systematisk samla inn, dokumentert og sikra i eit lengre perspektiv

  • At innsamling og dokumentasjon av kunnskapen held naudsynt kvalitet, slik at den vert eit godt grunnlag for framtidig istandsetjing av fartøy, ivaretaking av handverk og forsking.

  • At kunnskapen som fartøyvernsentra vinn, blir gjort tilgjengeleg og stilt til rådvelde for fartøyeigarar, forvaltinga, verft, båtbyggeri og andre aktørar i fartøyvernet.

Tildelingskriterium

Tilskot frå post 75 skal givast til løn til fartøyvernkonsulentar ved fartøyvernsentra. Ein mindre del av tilskota kan givast til investeringar i anlegg som er naudsynt for utføring av fellestenestene.

Riksantikvaren gir tilskot på grunnlag av søknader frå sentra med prioriterte og konkrete oppgåver og tiltak, samt fartøyvernets behov. Desse er baserte på følgjande prioriteringar, og dei nye fellestenestene som vart utarbeida av Riksantikvaren, i dialog med fartøyvernsentra, før søknadsfrist for 2019:

  • Oppfølging av tilrådingar frå Riksantikvaren si evaluering av fartøyvernsentra. Riksantikvaren er ansvarleg for å sikre prioritering av og framdrift i oppfølginga av desse punkta.

  • Sikre og heve kvaliteten på arbeid utført innan fellestenestene, med særleg fokus på sikring av handverk i eit lengre perspektiv, og dokumentasjon som teknikk.

  • Dokumentasjon av fartøy, utbetringsarbeid og handverksprosessar.

  • Utføre ei kost-nyttevurdering av ordninga med delelager.

  • Med bakgrunn i ein heilskapleg plan, gjere kunnskapen ved fartøyvernsentra tilgjengeleg for andre.

Oppfølging og kontroll

For å sikre at tiltak vert gjennomførte i tråd med føremålet med tilskotet skal Riksantikvaren sjå til at fartøyvernsentra rapporterer slik det går fram av tilskotsbreva. Oppfølging på staden og i kvartalsvise samarbeidsfora med fartøyvernsentra er viktig. Kontrollen i høve til fartøyvernsentra som tilskotsmottakarar skjer i samsvar med økonomireglementet, generell formalia- og sannsynskontroll av revidert årsrekneskap og årsmeldinga frå fartøyvernsentra.

Rapport 2018

I 2018 er 15,8 mill. kroner over post 75 fordelt til dei tre fartøyvernsentra Nordnorsk Fartøyvernsenter og Båtmuseum i Gratangen (4,1 mill. kroner), Hardanger fartøyvernsenter i Nordheimsund (5,6 mill. kroner) og Bredalsholmen Dokk og fartøyvernsenter (6,1 mill. kroner).

Tilskota frå post 75 har finansiert stillingar knytte til løysing av oppgåver under fellestenestene, under dette dokumentasjonsarbeid i samband med istandsetjing av fartøy som Riksantikvaren gjev tilskot til. Tilskota har vidare medverke til generell rådgjeving, opplæring og kompetansebygging ved sentra og ovanfor fartøyeigarar. Fartøyvernsentra har i tillegg motteke og utført oppdrag som t.d. produksjon og publisering av faktaark, synfaringar, og teknisk-historisk dokumentasjon av fartøy på vegner av Riksantikvaren.

Riksantikvaren ferdigstilte og leverte evalueringa av tilskotspost 75 og ordninga medfartøyvernsenter i mai 2018. Riksantikvaren har i siste halvdel av 2018 arbeidd med oppfølging av tilrådde tiltak som eit resultat av evalueringa, samt utarbeiding av nye fellestenester.

Post 77 Tilskot til verdiskapingsarbeid på kulturminneområdet, kan overførast

Mål

Kulturminne og kulturmiljø skal takast i bruk i utvikling av lokalsamfunn og som grunnlag for miljøvis, økonomisk, sosial og kulturell utvikling.

Tildelingskriterium

Midlane skal nyttast til satsingar som tydeleggjer og integrerer kulturminnefeltet i lokal og regional utvikling og som samstundes siktar mot ei koordinert og langsiktig forvalting av kulturminne og kulturmiljø. Samhandling med aktørar og verkemiddel som støttar opp om dette vil bli prioritert.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakar må levere sluttrapport på utført arbeid til Riksantikvaren som òg omfattar ein økonomisk rapport. Meir detaljert informasjon om rapporteringskrav blir gitt i dei enkelte tilskotsbreva. Riksantikvaren har jamleg oppfølgingsdialog med prosjekta med sikte på rådgiving, fagleg bistand, dokumentasjon av prosjekta og eventuelle tilretteleggingstiltak frå nasjonalt nivå.

Rapport 2018

I 2018 er det gitt tilskot til 24 større og mindre prosjekt som tek i bruk kulturminne, kulturmiljø og landskap som ressurs i samfunnsutviklinga.

Prosjekta medverkar til at kulturminne og kulturmiljø blir tatt i bruk som ressurs for reiseliv og næringsutvikling, bo- og livskvalitet, friluftsliv, folkehelse, utdanning og kultur. På næringssida er prosjekta særleg relatert til attraksjonsutvikling, tilrettelegging av fellesgode og nettverkssamarbeid mellom næringsaktørar og offentlege myndigheiter.

Involvering av innbyggjarar og aktørar som til vanleg ikkje har noko direkte ansvar for kulturminne, skapar engasjement, entusiasme og positiv innstilling til å ta vare på kulturminna. Prosjektarbeidet gir innsikt i betydninga av kulturarv, mobiliserer ressursar og gir kulturminneforvaltinga auka oppslutning og legitimitet.

Post 77 og verdiskapingsprosjekta supplerer andre verkemiddel slik som freding etter kulturminnelova, bevaring etter plan- og bygningslova, tilskot til istandsetjing og vedlikehald mv. Ved tilskotsbehandlinga er det lagt vekt på utvikle samarbeid og nettverk på tvers av sektorar for å sikre gode resultat på fleire samfunnsområde og i tillegg understreke samfunnet sitt felles ansvar for kulturarv. I tråd med Stortingets føresetnader, vart det gitt, som i 2017, 0,5 mill. kroner i tilskot til bruk av Solobservatoriet som kompetansesenter. Nokre av prosjekta er større regionale fellessatsingar koordinert av fylkeskommunane, som t.d. uthamnsprosjektet langs Agderkysten, program for kulturarvopplevingar i Buskerud, partnarskap mellom Akershus fylkeskommune og kommunar basert på lensehistoria i Nordre Øyeren. Næring har vore tema i fleire prosjekt, først og fremst knytt til samarbeid om produktutvikling mellom næringsaktørar og med kulturminneforvalting om tilrettelegging. Eit prosjekt koordinert av Norsk Kulturarv har gått ut på å kartleggje barrierar som kompliserer næringsverksemd i kulturminne. Andre prosjekt er retta mot by- og tettstadutvikling knytt til stadskvalitet og lokalsamfunnsutvikling, mellom anna i Molde, Trondheim og Vardø. Det er òg starta opp eit prosjekt i regi av Museene i Akershus om korleis kulturarvsfeltet kan nyttast i arbeidet med å motverke utanforskap.

Tilskot til verdiskaping i 2018:

Tiltak/område

Tilskot (i 1 000 kr)

Solobservatoriet

500

Regionale samarbeidsprosjekt

5 000

Andre prosjekt

3 724

Sum

9 224

Post 79 Tilskot til verdsarven, kan overførast

Norsk Industriarbeidarmuseum på Rjukan i Telemark vil etablere eit sikrings- og formidlingsbygg over restane av Norsk Hydros hydrogenfabrikk på Vemork. Anlegget vart brukt av tyskarane under 2. verdskrigen til å produsere tungtvatn til bruk i utviklinga av atombomber, men det vart sprengt av norske sabotørar i 1943. Desse hendingane skal gjerast synlege gjennom ei industriarkeologisk utgraving av tungtvasskjellaren. Regjeringa føreslår å medverke med til saman 22 mill. kroner delt mellom KUD og KLD, der kvart departement medverkar med 11 mill. kroner kvar, fordelt med 5 mill. kroner i 2020 og 6 mill. kroner i 2021. Totalbudsjettet er på 60 mill. kroner. På Kulturdepartementets budsjett er 5 mill. kroner innarbeidd i ramma under kap. 322 Bygg og offentlege rom, post 70 Nasjonale kulturbygg.

Mål

Områda på Unescos verdsarvliste i Noreg skal forvaltast i tråd med forpliktingane i Unescos verdsarvkonvensjon og retningslinjene for oppfølging av konvensjonen.

Kriterium for måloppnåing

Tiltak retta mot verdsarvområde i Noreg.

Tildelingskriterium

Målgruppa er områda i Noreg som er innskrivne eller under nominasjon til Unescos verdsarvliste. Noreg har pr. i dag åtte verdsarvområde. I spesielle tilfelle kan midlane nyttast til tiltak som indirekte medverkar til sikring av desse områda.

Oppfølging og kontroll

Oppfølging skjer gjennom møte og fagsamlingar gjennomførte i samsvar med avtalt arbeidsprogram. Kontrollen overfor tilskotsmottakaren skjer gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og innsende rapportar. I spesielle tilfelle er det òg aktuelt at Riksantikvaren eller fylkeskommunen/Sametinget utfører kontroll på staden for å sjå til at tiltak er gjennomførte etter antikvariske retningslinjer og andre føresetnader for tilskotet.

Miljødirektoratet har eigne tilskotsmidlar og har tilsvarande oppfølging.

Rapport 2018

I 2018 vart det frå post 79 brukt 63,345 mill. kroner på verdsarv. Dette kom i tillegg til at det er brukt midlar til verdsarv frå andre postar. Vidare fekk organisasjonen Noregs verdsarv òg midlar frå post 79 til oppfølging av arbeidet med basisutstillinga (Verdsarvsenteret) og som tilskot til planlegging og gjennomføring av Verdsarvforum.

Tabell 7.16 Tilskot til verdsarvområda i 2018 frå post 79

Verdsarvområda

Tilskot (i 1 000 kr)

Bryggen i Bergen

15 100

Røros bergstad og Circumferensen

15 000

Bergkunsten i Alta

4 0001

Vegaøyan

2 0002

Vestnorsk fjordlandskap

3 000

Urnes stavkyrkje, omgivnader

1 595

Struves meridianboge

1 200

Rjukan-Notodden industriarv

21 450

Sum

63 345

1 Ikkje inkludert tilskot frå post 22 på 665 000 kroner.

2 Ikkje inkludert tilskot på 4,1 frå Miljødirektoratet.

Kap. 4429 Riksantikvaren

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

02

Refusjonar og ymse inntekter

2 013

2 637

2 721

09

Internasjonale oppdrag

4 130

3 314

3 420

Sum kap. 4429

6 143

5 951

6 141

Post 02 Refusjonar og ymse inntekter

Posten gjeld refusjonar og innbetalte midlar frå oppdragsverksemd for andre institusjonar m.m., jf. omtale under kap. 1429 post 01. Under posten er det budsjettert inntekter ved sal av Riksantikvarens rapportar og andre produkt og driftsvederlag frå Kongsvoll fjellstove. Meirinntekter under posten gir grunnlag for meirutgifter under kap. 1429 post 01, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Post 09 Internasjonale oppdrag

Midlane på posten skal finansiere dei tilsvarande utgiftene til internasjonale oppdrag. Meirinntekter under posten gir grunnlag for meirutgifter under kap. 1429 post 01, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Kap. 1432 Norsk kulturminnefond

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

50

Til disposisjon for kulturminnetiltak

112 170

116 320

126 362

Sum kap. 1432

112 170

116 320

126 362

Post 50 Til disposisjon for kulturminnetiltak

Norsk kulturminnefond er eit forvaltingsorgan med særskilte fullmakter. Midlane skal nyttast til kulturminnetiltak og til drift av administrasjonen og styret.

Kulturminnefondet har i hovudsak ansvaret for verneverdige kulturminne og kulturmiljø.

Løyvinga til Kulturminnefondet er samla auka med 10 mill. kroner (inkludert prisjustering på 3,7 mill. kroner).

Mål

Medverke til å styrkje arbeidet med å bevare verneverdige kulturminne og kulturmiljø og til at eit mangfald av kulturminne og kulturmiljø kan nyttast som grunnlag for framtidig oppleving, kunnskap, utvikling og verdiskaping.

Gjennom målretta og systematisk oppfølging legg Kulturminnefondet vekt på «vern gjennom bruk», då dette er den beste forvaltninga av kulturminna. Prosjekta medverkar til utvikling av lokalsamfunn og lokalt næringsliv. Satsing på kulturminne som ressurs medverkar til positiv utvikling av byar og stader. Kulturminnefondet er ikkje næringsutviklar, men skal leggje til rette for at andre aktørar kan drive næringsutvikling i tilknyting til kulturminna.

Den siste brukarundersøkinga viser at 83 prosent av alle søkjarane er tilfredse med kontakten med kulturminnefondet, og meiner den faglege oppfølginga av prosjekta som kulturminnefondet tilbyr er svært viktig. Fire av fem prosjekt som har fått tilsegn om midlar ville ikkje vorte realiserte utan støtta frå fondet. Ein kan etter dette grovt sett rekna med at 4000 prosjekt over heile landet neppe hadde blitt sette i stand utan støtta frå kulturminnefondet.

Tilskot frå Kulturminnefondet løyser ut stor privat innsats i bevaringsarbeidet. I eit gjennomsnittleg prosjekt kjem 28 prosent av midlane frå staten gjennom Kulturminnefondet. 72 prosent av det som skal til for å setje kulturminnet i stand, kjem frå eigaren sjølv i form av eigne midlar eller eigen innsats i prosjektet. Menon Economics har i evalueringa «Kulturminnefondets samfunnsnytte» funne at for kvar krone som vert løyvd frå Kulturminnefondet vert det brukt 3,5 kroner på istandsetjing av kulturminnet. Dei dokumenterer samstundes at dei fleste kulturminna som vert sett i stand ofte får ein ny bruk og at det dermed vert etablert både verdiskaping og næringsverksemd som ei følgje av istandsetting av kulturminne.

Kriterium for måloppnåing

Opplysningar om tiltak retta mot verneverdige og freda kulturminne og kulturmiljø.

Tildelingskriterium

Tilskotsmidlane blir fordelte av kulturminnefondets styre etter søknad. Kulturminnefondet skal vere eit lågterskeltilbod til private eigarar av verneverdige kulturminne og kulturmiljø. Tilskota blir i hovudsak tildelte istandsetjings- og sikringsprosjekt. Tilskot til prosjekt som fremjar verdiskaping, handverk, næringsverksemd og aktivitet i lokalsamfunnet er prioriterte. Dette gjelder òg prosjekt som gir synergieffektar, og som løyser ut private midlar eller betydeleg eigeninnsats. Samarbeid med eigarane av kulturminne og kulturmiljø er den viktigaste strategien for kulturminnefondets arbeid.

Oppfølging og kontroll

Oppfølging skjer overfor tilskotsmottakar gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og sluttrapport frå tilskotsmottakaren. I mange tilfelle er det aktuelt med kontroll på staden for å sikre at tiltaka er gjennomførte etter antikvariske retningslinjer og andre føresetnader for tilskotet.

Midlane frå Kulturminnefondet skal komme i tillegg til dei ordinære løyvingane frå Riksantikvaren.

Rapport 2018

Det vart brukt 19,4 mill. kroner til drift av Kulturminnefondet i 2018. Driftskostnaden pr. søknad går ned. Det vart gitt tilsegner på til saman inntil 109,1 mill. kroner, fordelt på 672 søknader.

Det kom inn 1384 søknader innan fristen 1. november 2017. Kulturminnefondet behandla 249 søknader om strakstiltak og 30 til fag- og handverksseminar fortløpande gjennom året. Samla søknadssum frå private eigarar av verneverdige kulturminne er på 344 mill. kroner. Det har aldri vore større interesse for å søkje Kulturminnefondet om støtte til istandsetjing av verneverdige kulturminne.

Programkategori 12.60 Nord- og polarområda

Hovudinnhald og prioriteringar

Utgiftene under programkategori 12.60 høyrer inn under resultatområda Naturmangfald, Forureining, Klima og Polarområda. Programkategorien omfattar verksemda til Norsk Polarinstitutt, Svalbards miljøvernfond, Kings Bay AS og Fram – nordområdesenter for klima- og miljøforsking.

Løyvingane vil gå til forvaltninga av miljøet på Svalbard, miljøsamarbeidet under Arktisk råd, til miljøforvaltninga i Antarktis, til forsking og miljøovervaking og til drift av vår polare forskingsinfrastruktur i både nord og sør.

Regjeringa har som eitt av dei overordna måla for svalbardpolitikken å ta vare på den særeigne villmarksnaturen på Svalbard. Dei spesifikke miljømåla for Svalbard går fram av Meld. St. 32 (2015–2016) Svalbard. Der er det m.a. slått fast at innanfor dei rammene traktats- og suverenitetsmessige omsyn set, skal miljøomsyn vege tyngst ved konflikt mellom miljøvern og andre interesser. Raske klimaendringar er ei betydeleg og aukande utfordring for miljøvernet og lokalsamfunna på Svalbard. Miljøvernarbeidet på Svalbard må sjå til at lokal verksemd skjer innanfor rammer som sikrar at den samla miljøbelastninga ikkje blir for stor.

Hovudprioriteringane for miljøvernarbeidet på Svalbard i 2020 er arbeidet med forvaltningsplanar for verneområda, inkludert arbeid med besøksforvaltning både i og utanfor verneområda og å følgje opp det omfattande og komplekse arbeidet med opprydding etter koldrifta i Lunckefjell og Svea.

Forsking og høgare utdanning er eit av dei viktigaste satsingsområda for norsk aktivitet og nærvær på Svalbard. I tråd med svalbardmeldinga er det lagt fram ein overordna strategi for forsking og høgare utdanning på Svalbard, og ein forskingsstrategi for Ny-Ålesund vart lagt fram i 2019. Norsk Polarinstitutt tek vare på det norske vertskapet og har ansvaret for å implementere og følgje opp forskingsstrategien for Ny-Ålesund i dialog med Forskingsrådet og relevante departement og aktørar.

Noregs forskingsinnsats i Antarktis er viktig for vern og forvaltning av miljøet der, og samstundes viktig for det internasjonale klimaarbeidet. Noreg skal medverke gjennom forskingsinnsats og aktiv deltaking i arbeidet under Antarktis-traktaten med tilhøyrande Miljøprotokoll til eit globalt samarbeid for vern av det sårbare miljøet i Antarktis både i havet og på land, og til den internasjonale kunnskapsutviklinga om Antarktis og dermed for globale klimaproblemstillingar. Norsk Polarinstitutt skal vidareføre oppgåva med å styrkje kunnskapsgrunnlaget for arbeidet med marine verneområde i Antarktis. Data vart innhenta under det omfattande toktet til Antarktis 2018/2019. Norsk Polarinstitutt skal òg styrke si forsking elles i Antarktis.

Innanfor Arktisk råd vil spesielt prioriterte tema for Noreg vere klimaendringar, tiltak mot utslepp av kortlevde klimaforureiningar, bevaring av arktisk biodiversitet, heilskapleg havforvalting, marin forsøpling, tiltak mot forureining og miljøovervaking i Arktis.

Miljøvernsamarbeidet med Russland vil bli ført vidare innanfor Den norsk-russiske miljøvernkommisjonen og Barents-samarbeidet. Bilateralt er samarbeidet om forvalting av miljøet i Barentshavet og grenseområda prioritert. Innan havmiljøsamarbeidet er samarbeid om økosystembasert forvaltning av Barentshavet den viktigaste saka. Eit samarbeid med Russland om kartlegging og reduksjon av marin forsøpling i Barentshavet blei starta i 2019. Dette samarbeidet vil òg vere sentralt framover. I grenseområda vil miljøovervaking framleis vere viktig på grunn av dei høge utsleppa av svovel og metall frå nikkelverka på Kola. Innan Barents-samarbeidet er bevaring av naturmangfaldet, forvalting av grensevassdrag og samarbeid om klimaspørsmål sentrale oppgåver, i tillegg til løysinga av dei store og samansette miljøutfordringane i russisk del av Barentsregionen.

Framsenteret i Tromsø omfattar i dag 21 norske institusjonar, og det er full fagleg aktivitet som gir fortløpande resultat på alle dei seks tematiske satsingsområda, kalla «flaggskip». Framsenteret har oppnådd nasjonal og internasjonal status som kompetansemiljø, og er òg attraktivt for lokalisering av nasjonale initiativ og for internasjonale sekretariat som Noreg har ansvaret for, blant anna Sekretariatet for Arktisk råd. Frå 2018 er også sekretariatet for Arktisk råds arbeidsgruppe Arctic Monioring and Assessment Programme blitt relokalisert frå Oslo til Framsenteret i Tromsø. I 2018 vart nybygg til Framsenteret teke i bruk. Dette har gitt Framsenteret ei utviding med 195 nye arbeidsplassar pluss laboratorium og spesialrom.

Resultatområde

Tabell 7.17 Resultatområde under programkategori 12.60.

Resultatområdet

Nasjonale mål

Polarområda

  • Omfanget av villmarksprega område på Svalbard skal haldast ved lag, og naturmangfaldet bevarast tilnærma upåverka av lokal aktivitet.

  • Dei 100 viktigaste kulturminna og kulturmiljøa på Svalbard skal sikrast gjennom føreseieleg og langsiktig forvalting.

  • Negativ menneskeleg påverknad og risiko for påverknad på miljøet i polarområda skal reduserast.

Politikk og verkemiddel for å nå dei nasjonale måla på polarområda

Svalbard

Miljøvernarbeidet på Svalbard skal i 2020 ha fokus på å beskytte villmarksområda på Svalbard med naturverdiar og kulturminne i ein situasjon med raske endringar i klimaet, auka ferdsel og turisme. Forvaltninga vil sjå til at ferdsel og anna lokal verksemd skjer innanfor rammer som sikrar at den samla miljøbelastninga ikkje blir for stor. Samstundes vil forvaltninga av Svalbards natur- og kulturminne ta omsyn til at samfunna og miljøet på Svalbard er i endring slik at nødvendig omstilling kan skje i samsvar med dei måla som er sette i Meld. St. 32 (2015–2016) Svalbard.

Raske klimaendringar og eit aukande reiseliv er store utfordringar for miljøvernet og lokalsamfunna på Svalbard. Rapporten «Climate in Svalbard 2100» bereknar klimaendringane på Svalbard fram mot år 2100, for å gi eit kunnskapsgrunnlag for klimatilpassing. Rapporten viser at årstemperatur og årsnedbør vil auke kraftig. Det vil bli fleire hendingar med kraftig nedbør, oppvarming av permafrosten og auka førekomst av skred.

Klimaendringane gjer kulturminna meir utsette enn tidlegare på grunn av auka erosjon, auka fare for flaum og skred og fordi grunnen tiner. Mindre permafrost inneber at mange bygg får skadar. Auka ferdsel er òg ei utfordring for kulturminna.

Ein særskilt effekt av klimaendringane dei siste åra er mindre fjordis på vestkysten av Svalbard. Fjordområde med beskyttande brefrontar som framleis har stabil fjordis vinterstid, slik som Van Mijenfjorden, blir difor stadig viktigare for arter som er avhengige av is, slike som ringsel og isbjørn. Samstundes blir desse områda meir attraktive for m.a. reiselivet. Fleire isbjørn i Van Mijenfjorden har òg medført auka ferdsel av folk som forstyrrar dyrelivet der.

I lokalsamfunna på Svalbard er grunnforureining ei utfordring. Samstundes påverkar lokale utslepp miljøet i større grad enn det ein har trudd tidlegare.

Marin forsøpling og mikroplast i havet og på strendene rundt Svalbard er identifisert som eit aukande problem. Mellom anna kan det føre til alvorlege skadar på dyr.

Hovudprioriteringane for miljøvernarbeidet på Svalbard i 2020 er framleis å følgje opp det omfattande og komplekse arbeidet med opprydding etter koldrifta i Lunckefjell og Svea. Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS har utarbeidd planar for dette.

Verneområda på Svalbard dekkjer omlag 65 pst. av landarealet, og forvaltningsplanane er eit verktøy for å balansere bruks- og verneinteressene slik at ein tek vare på verneverdiane og aukar forståinga for Svalbard sine unike miljøkvalitetar. Samstundes skal dei medverke til lokal verdiskaping og gode opplevingar for dei tilreisande. Arbeidet med forvaltingsplanar for verneområda er difor prioritert. Kulturminne som er godt skildra i forvaltningsplanane vil oppnå eit betre vern enn kulturminne utanfor verneområda. Forvaltningsplan for Nordvest-Spitsbergen, Forlandet og Sør-Spitsbergen nasjonalparkar blei ferdigstilt i 2019, og Sysselmannen meldte start av arbeidet med forvaltingsplan for Isfjordområdet og start av arbeidet med verneplan for Van Mijenfjorden og Adventdalen.

Framande arter er ein miljøtrussel også på Svalbard. Fleire nye arter kjem på naturleg vis med havstraumane og kan etablere seg som følgje av varmare hav og generelt varmare klima. Andre arter blir introduserte gjennom menneskeleg aktivitet. Handlingsplanen for framande arter skal følgjast vidare opp.

Arbeid knytt til forureining, avløp og avfall både på regelverksida og ved konkret tiltak i felt vil bli følgt opp.

Naturverdiar og kulturminne som ligg nær lokalsamfunna er viktige for reiselivet og lokalbefolkninga og må sikrast. Nokre kulturminne er solide tekniske konstruksjonar etter gruveverksemd, mens andre er skjøre og lause gjenstandar og leivningar som er utsette for ulovleg trakk og plukk.

Miljøforvaltinga vil halde fram arbeidet med å ta vare på det biologiske mangfaldet, m.a. gjennom oppfølging av strategiar som er utarbeidde. Eksempel på dette er handlingsplanen mot framande arter og handlingplan for raudlista arter i Colesdalen.

Klimaendringane fører til auka fare for flaum og skred. Ei viktig oppgåve framover blir difor å sjå til at areal- og samfunnsplanlegging tek omsyn til klimaendringane og til natur- og kulturminne innanfor planområdet.

Antarktis

Klimaendringar er eit viktig punkt på dagsordenen i samarbeidet under traktaten. Noreg skal gjennom vår forskingsverksemd medverke til auka kunnskap om klimaendringane, og samtidig til den internasjonale kunnskapsutviklinga om Antarktis og globale problemstillingar knytte til polarområda. Noreg har leia arbeidet med oppfølging av Antarktis-traktatsystemets klimahandlingsplan.

Sikring og istandsetjing av kulturminna er utfordrande i Antarktis. Noreg har vore ein pådrivar for å få på plass retningslinjer for vurderinga av kva som er kulturminne, og retningslinjer for å vurdere bevaringstiltak for kulturminne i Antarktis. Slike retningslinjer vart vedtekne av partane under Antarktistraktaten i mai 2018. Bevaringstiltak blir gjennomførde i medhald av fagleg grunngitt og avgrensa prioriteringsliste.

Noreg arbeider aktivt gjennom samarbeidet under Antarktistraktaten og konvensjonen for bevaring av marine levende ressursar i Antarktis for ei økosystembasert, heilskapleg forvalting av miljøet i havet i traktatområdet. Områdebaserte tiltak, slik som marine verneområde, er eit viktig element i norsk og internasjonalt arbeid for å ta vare på og sikre berekraftig bruk av marine ressursar og økosystem. Noreg deltok aktivt i prosessen for å vedteke det marine verneområdet i Rosshavet, og vil halde fram å delta aktivt i arbeidet med å få på plass eit nettverk av marine verneområde i heile konvensjonsområdet.

Norsk Polarinstitutt har ei nøkkelrolle i norsk antarktisadministrasjon, både som nasjonal operatør og som styresmakt etter forskrift om miljøvern og tryggleik i Antarktis. Norsk Polarinstitutt har òg som viktig oppgåve å skaffe fram forskingsbasert kunnskap som medverkar til at Noreg på best mogleg måte oppfyller sine forpliktingar som traktatpart. Mellom anna på grunn av klimaendringane og arbeidet med marine verneområde i Antarktis, er denne oppgåva svært viktig.

Partane under Antarktistraktaten vart på det konsultative møte i Praha 2019 samde om å avgrense utslepp av mikroplast i Antarktis, og oppmode til auka forsking og overvaking av plast i Antarktis. Vidare vart dei alvorlege konsekvensane av global oppvarming diskutert, og partane peika på at dette krev handling. Partane er òg samde om systematisk samarbeid om sjøkartlegging av havbotnen i Antarktis som eit bidrag til auka sjøtryggleik i desse farvatna. Turismen aukar i Antarktis, og partane peikte på behovet for kunnskap om effektane av turismen og vidare utvikling av retningslinjer for besøkande. Noreg bidrog også til å setje den aukande flytrafikken i Antarktis på dagsorden, og det er semje om å vurdere nye reguleringar av flytrafikk av omsyn til miljø og tryggleik.

Noreg deltek òg aktivt i arbeidet med nye marine verneområde i Antarktis. Norsk Polarinstitutt gjennomførte sørsommaren 2018/2019 eit omfattande tokt til Antarktis med det nye forskingsfartøyet «Kronprins Haakon» med hovudformål å styrkje kunnskapsgrunnlaget for dette arbeidet.

Arktisk råd

Regionalt samarbeid er avgjerande for å handtere utfordringane i Arktis. Noreg vil framleis arbeide for at Arktisk råd skal vere den sentrale møteplassen for det regionale klima- og miljøsamarbeidet. Noreg vil halde fram med å spele ei aktiv rolle i Arktisk råd og i rådet sine arbeidsgrupper, der samarbeid om klima og miljø står sentralt. Arktisk råd har ei viktig rolle i å setje saman og vurdere vitskapleg kunnskap om klimaendringane og miljøet i Arktis. Dette er viktig som grunnlag for samarbeid om forvaltning av miljøet i Arktis, og for internasjonale avtaler som gjeld forureining og klima. Rådet har konkrete samarbeidsprosjekt som gjeld bevaring av naturmangfaldet og det marine miljøet i Arktis, og tiltak for å redusere kjelder til forureining. Tiltak for å redusere klimaendringane er det viktigaste vi kan gjere for å ta vare på det arktiske miljøet. Arktisk råd vedtok i 2017 eit kollektivt reduksjonsmål for svart karbon (sot), og landa skal rapportere resultat til ministermøtet kvart anna år. Rådet arbeider òg med å styrkje samarbeidet mellom dei arktiske landa om å ta vare på dei arktiske havområda. I 2019 starta arbeidet med å utvikle ei regional handlingsplan mot marin forsøpling i Arktis. Noreg er ein pådrivar i rådet sitt arbeid for å redusere utslepp av svart karbon, styrkje havsamarbeidet, og med å dokumentere effektane av klimaendringar på økosystema i Arktis. Vurderingar av klimaendringar og forureining i Arktis, bevaring av biologisk mangfald og heilskapleg forvaltning av det marine miljøet vil fortsatt stå sentralt for Noregs arbeid i Arktisk råd i 2019. Noreg vil medverke aktivt i Arktisk råds arbeid med prosjekt og oppfølgingsplanar på desse områda, og leggje til rette for at kunnskap og tilrådingar som blir skaffa fram blir tekne i bruk og implementerte i forvaltinga.

Miljøvernsamarbeidet med Russland

Samarbeidet innanfor Den norsk-russiske miljøvernkommisjonen og miljøvernsamarbeidet i Barentsregionen vert ført vidare.

I Den norsk-russiske miljøvernkommisjonen er utviklinga av eit konsept for ein forvaltingsplan for russisk side av Barentshavet høgt prioritert. Eit samordna norsk-russisk program med overvaking av felles sårbare og truga arter og presentasjon av felles resultat i miljødataportalen Barentsportal, er viktige element i samarbeidet. Samarbeid med Russland om kartlegging og reduksjon av marin forsøpling i Barentshavet, som starta i 2019, er òg blitt ei høgt prioritert oppgåve i det norsk-russiske miljøvernsamarbeidet.

Noreg vil arbeide for å få redusert utsleppa av svovel og metall frå nikkelverka på Kola inntil problemet er løyst. Miljøovervaking i grenseområda og god miljøinformasjon til lokalbefolkninga har ein sentral plass i det bilaterale samarbeidet.

I miljøarbeidsgruppa under Barentsrådet står samarbeid om grensekryssande vassressursar og naturmangfaldet i regionen sentralt. Ei høgt prioritert oppgåve er å medverke til å løyse dei store og samansette miljøutfordringane i russisk del av Barentsregionen, dei såkalla hot spots, som er beskrivne i Arktisk råds miljøovervakingsprogram og det nordiske miljøfinansieringsselskapet (NEFCO) si hot spot-liste frå 2003. Miljøfinansiering frå NEFCO er eit viktig verkemiddel.

Forsking og miljøovervaking i nord- og polarområda

Situasjonen i polarområda gir nye kunnskapsutfordringar knytte til miljø og klima. Å utvikle kunnskap og forståing av korleis miljø i Arktis og Antarktis vert påverka av klimaendringar, havforsuring, forureining og auka aktivitet er derfor ein særs viktig del av både det nasjonale arbeidet og det internasjonale samarbeidet i nord- og polarområda. Grunnlaget for Noregs bidrag til dette samarbeidet er den nasjonale satsinga på kunnskap om klima og miljø.

Sentrale verkemiddel med omsyn til polar kunnskapsproduksjon er Norsk Polarinstitutt, Fram – Nordområdesenter for klima- og miljøforsking og vår infrastruktur for polarforsking.

Det blir arbeidd med å betre parameter for miljøovervaking av kulturminna.

Svalbard er ei særs viktig plattform for forsking i – og for internasjonalt samarbeid om – naturvitskapleg forsking i Arktis. Meld. St. 32 (2015–2016) Svalbard, regjeringas strategi for forsking og høgare utdanning på Svalbard og Forskingsstrategien for Ny-Ålesund set rammene for den vidare utviklinga av Ny-Ålesund. Norsk Polarinstitutt har fått ansvar for å implementere og følgje opp forskingsstrategien for Ny-Ålesund i dialog med Forskingsrådet og relevante departement og aktørar.

Strategien skal òg sikre at dei unike, men avgrensa goda som forskingsverksemda i Ny-Ålesund byr på, blir nytta meir effektivt og ein skal leggje betre til rette for auka grad av samarbeid. Det blei difor løyvd 20,5 mill. kroner i 2017 over Klima- og miljødepartementets budsjett til oppføring av eit nytt, felles bygg i Ny-Ålesund, og bygget vert teke i bruk i 2019.Vidare er det løyvd midlar til å setje i stand service- og administrasjonsbygget i Ny-Ålesund.

Den faglege satsinga i Framsenteret vil bli ført vidare.

Nærare om budsjettforslaget

Foreslått løyving knytt til programkategorien for 2020 er på 436,4 mill. kroner. Dette er ein auke på om lag 13,5 mill. kroner, eller 3,2 pst. samanlikna med saldert budsjett for 2019. Dette skuldast tekniske endringar og at 12 mill. kroner er foreslått løyvd til Kings Bay AS, og 9,3 mill. kroner til Polarinstituttets Antarktisarbeid.

Utgifter under programkategori 12.60 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

Pst. endr. 19/20

1471

Norsk Polarinstitutt

329 537

320 128

328 119

2,5

1472

Svalbards miljøvernfond

19 905

19 658

20 658

5,1

1473

Kings Bay AS

50 892

30 270

34 893

15,3

1474

Fram – Nordområdesenter for klima- og miljøforsking

51 703

52 823

52 703

-0,2

Sum kategori 12.60

452 037

422 879

436 373

3,2

Kap. 1471 Norsk Polarinstitutt

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Driftsutgifter

245 066

242 376

244 359

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast

83 974

77 243

83 238

50

Stipend

497

509

522

Sum kap. 1471

329 537

320 128

328 119

Rolle og oppgåver for Norsk Polarinstitutt:

Norsk Polarinstitutt er den sentrale statsinstitusjonen for kartlegging, miljøovervaking og forvaltningsretta forsking i Arktis og Antarktis, jf. Meld. St. 32 (2015–2016) Svalbard, Meld. St. 32 (2014–2015) Norske interesser og politikk i Antarktis, Meld. St. 33 (2014–2015) Norske interesser og politikk for Bouvetøya, fagleg og strategisk rådgivar overfor den sentrale forvaltninga og fagleg rådgivar for Miljødirektoratet og Sysselmannen i polarspørsmål.

Instituttet skal vidare:

  • halde ved lag ein brei forskingsbasert kompetanse på område der miljøforvaltinga har eit direkte forvaltingsansvar i nord- og polarområda eller har ei heilt sentral pådrivarrolle både nasjonalt og i internasjonale prosessar. Det omfattar klimaprosessar og klimaendringar og effektane av desse på naturen og viltforvalting, område- og habitatvern, og miljøgift/forureiningsproblematikk

  • forvalte og formidle forskings- og miljødata frå polarområda

  • ha ansvar for topografisk og geologisk kartlegging av landområda på Svalbard og norsk biland og territorialkrav i Antarktis

  • utvikle, revidere og leie overvakingsprogram og system for miljøovervaking av norsk Arktis

  • medverke til å stimulere og koordinere nasjonal og internasjonal forsking på Svalbard gjennom å samarbeide om forskingsprosjekt og gi tilgang til instituttet sin infrastruktur, så som forskingsstasjon, feltutstyr og transport mot dekning av instituttet sine kostnader

  • følgje opp og gjennomføre norsk miljølovgiving i Antarktis

  • medverke til at forvaltningas kunnskapsbehov blir teke hand om

  • fremje miljøforsking og forvaltingsrådgiving innan det bilaterale norsk-russiske miljøsamarbeidet

  • utforske og overvake det marine miljøet i det nordlege Barentshavet

  • delta i Fagleg forum for økosystembasert forvalting av norske havområde

  • representere Noreg i internasjonale samarbeidsfora og formidle kontakt mellom norske og internasjonale fagmiljø

  • medverke til å styrkje Framsenteret

  • utvikle samarbeidet med dei andre forskingsinstitusjonane og universitet

  • formidle utovervend informasjon om polar-områda i alle relevante kanalar

  • vere vertskap og ha ansvaret for å setje i verk forskingsstrategien for Ny-Ålesund

Post 01 Driftsutgifter

Midlane under denne posten er retta mot resultatområda Naturmangfald, Forureining, Klima og Polarområda.

Posten dekkjer utgifter som Norsk Polarinstitutt har til løn og godtgjersler for faste og mellombels tilsette. Vidare dekkjer posten ordinære driftsutgifter, drift av forskingsstasjon og luftmålestasjon i Ny-Ålesund og fartøy, og utgifter knytte til instituttets samla forskings- og ekspedisjonsverksemd.

Posten dekkjer elles utgifter knytte til sals- og oppdragsverksemd. Dei tilhøyrande inntektene er førte under kap. 4471 postane 01 og 03. Løyvinga kan overskridast dersom det er tilsvarande meirinntekt under dei to nemnde postane, jf. forslag til vedtak II.

Rapport 2018

Polarinstituttet har i 2018 brukt om lag 38 pst. av løyvinga si til løns- og driftsutgifter knytte til administrasjon, kommunikasjon, drifta til bygningar på Svalbard og i Tromsø, drift av forskingsfartøyet Kronprins Haakon og andre felleskostnader. Resterande 62 pst. er løn og andre utgifter knytte til forskingsavdelinga, miljø- og kartavdelinga og i ICE (Senter for is, klima og økosystem). Av forbruket på denne posten korresponderer omlag 76 mill. kroner med inntekter på kap. 4471. Dette er nesten alt saman knytt til ekstern finansiering av forskingsaktivitet frå mellom anna Forskingsrådet og EU.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Midlane under denne posten er retta mot resultatområde Polarområda. Posten er styrkt med 5 mill. kroner til forsking i Antarktis, 4,3 mill. kroner til Troll-stasjonen og priskompensasjon. Mens det er ein nedgang pga. avbyråkratiseringsreforma og at 3,5 mill. kroner som vart gitt til Antarktis-ekspedisjon i 2019 er tekne bort.

Posten dekkjer utgifter til vitskapeleg samarbeid i Antarktis der midlane gjeld deltaking i det internasjonale Antarktis-samarbeidet og midlar til gjennomføring av dei norske Antarktis-ekspedisjonane.

I tillegg til forskingsaktivitet skal løyvinga dekkje drift av forskingsstasjonen Troll og det internasjonale DROMLAN-prosjektet (Dronning Maud Land Air Network). Noregs forsking i Antarktis medverkar til det internasjonale arbeidet for å bevare Antarktis som det reinaste og minst påverka villmarksområdet i verda. Regjeringa foreslår å styrke Norsk Polarinstitutts forsking i Antarktis med 5 mill. kroner i 2020.

Posten dekkjer elles utgifter knytte til drift av TrollSat. Dei tilsvarande inntektene er førte under kap. 4471 post 21. Løyvinga kan overskridast dersom det er tilsvarande meirinntekt under den nemnde posten, jf. forslag til vedtak II.

Rapport 2018

Av midlane på denne posten vart ca. 85 pst. brukt til løn for dei som arbeider på Troll-stasjonen og drift av bygningar i Antarktis, fartøyleige, helikopterleige og andre logistikkutgifter. Resterande del av løyvinga, ca. 15 pst. går til forsking. Av forbruket på denne posten korresponderer om lag 25,6 mill. kroner med inntekter på kap. 4471.

Post 50 Stipend

Midlane under denne posten er retta mot resultatområda Forureining, Klima og Polarområda.

Mål

Stipendmidlane skal auke rekrutteringa til og kompetansen innanfor den norske polarforskinga. Midlane er eit viktig og effektivt verkemiddel for å stimulere norsk polarforsking på Svalbard. Støtte blir primært gitt til norske hovudfags- og doktorgradstudentar. Støtta skal dekkje ekstrautgifter ved opphald i felt.

Kriterium for måloppnåing

Talet på hovudfagsoppgåver og doktorgrader med polarforsking som emne.

Tildelingskriterium

Det blir lagt vekt på relevante polare problemstillingar, fagleg kvalitet og i kor stor grad temaet ligg til rette for forsking.

Oppfølging og kontroll

Kravet er rekneskapsoversikt og ein kort fagleg rapport om gjennomføringa.

Rapport 2018

Av 36 søknader vart 28 finansierte med totalt 1,8 mill. kroner. Av dette var 0,5 mill. kroner midlar frå Norsk Polarinstitutt.

Dei viktigaste norske institusjonane som fekk støtte var Noregs Arktiske Universitetet (3), Universitetsstudia på Svalbard (11), Noregs Teknisk Naturvitskapelege Universitet (3) og Norsk Polarinstitutt (5).

Kap. 4471 Norsk Polarinstitutt

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Sals- og utleigeinntekter

4 974

11 272

11 575

03

Inntekter frå ymse tenesteyting

71 150

62 123

63 790

21

Inntekter, Antarktis

25 602

13 877

14 250

Sum kap. 4471

101 726

87 272

89 615

Post 01 Sals- og utleigeinntekter

Salsinntektene gjeld sal av kart, flybilete og publikasjonar, mens utleigeinntektene gjeld utleige av feltutstyr, transportmiddel, blant anna utleige av forskingsfartøy og andre inntekter. Kap. 1471 post 01 kan overskridast tilsvarande eventuelle meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II.

Post 03 Inntekter frå diverse tenesteyting

Oppdragsinntektene gjeld inntekter frå eksterne oppdrag for andre offentlege instansar og frå det private næringslivet. Meirinntekter under denne posten gir grunnlag for tilsvarande meirutgifter under kap. 1471 post 01, jf. forslag til vedtak II.

Post 21 Inntekter, Antarktis

Posten gjeld refusjon av utgifter Norsk Polarinstitutt har for andre land og verksemder knytte til Antarktis-samarbeidet. I hovudsak gjeld dette refusjon av driftsutgiftene ved TrollSat i medhald av avtale med Kongsberg Satellite Services og inntekter frå flygingar knytte til DROMLAN-samarbeidet. Meirinntekter under denne posten gir grunnlag for tilsvarande meirutgifter under kap. 1471 post 21, jf. forslag til vedtak II.

Kap. 1472 Svalbards miljøvernfond

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

50

Overføringar til Svalbards miljøvernfond

19 905

19 658

20 658

Sum kap. 1472

19 905

19 658

20 658

Både inntekt- og utgiftsposten til Svalbards miljøvernfond er oppjustert med 1 mill. kroner. Det er fleire besøkande til Svalbard, og det er særleg ein auke i besøkande med fly, jf. også omtale under kap. 5578 post 70.

Svalbards miljøvernfond er oppretta med heimel i svalbardmiljølova, og departementet etablerte fondet i 2005. Fondet starta si verksemd i 2007 og er eit økonomisk verkemiddel i miljøvernarbeidet på Svalbard. Fondet gjev tilskot til tiltak for å beskytte naturmiljø og kulturminne på øygruppa, i samsvar med svalbardmiljølova § 98 og fondet sine vedtekter. Midlane i fondet skal medverke til å sikre Svalbards særeigne villmarksnatur og kulturminne som grunnlag for oppleving, kunnskap og verdiskaping.

Inntektene til fondet er sette saman av midlar frå miljøavgift for tilreisande til Svalbard, av midlar kravde inn gjennom avgift for løysing av kort for jakt, fangst eller fiske i samband med hausting og avgift ved jegerprøveeksamen. Både fondskapitalen og avkastninga skal nyttast til tiltak som har til føremål å verne miljøet på Svalbard. Fondet skal sikre si eiga drift, slik at ein mindre del av midlane vil gå til forvalting av fondsmidlane og til utgifter knytte til innkrevjing av inntektene. Det er utarbeidd eigne vedtekter for verksemda til fondet og gitt forskrift om tilskot frå fondet. Styret for fondet blir utnemnt av departementet og er fondet sitt øvste organ, medan sekretariatet er lagt til Sysselmannen som har ansvar for den daglege leiinga og drifta av miljøvernfondet si verksemd.

Kvart år tildeler fondet no 10–25 mill. kroner til miljøvernprosjekt etter søknad frå organisasjonar, verksemder og privatpersonar. Erfaringa viser at Svalbard miljøvernfond medverkar gjennom tildelingane til eit gradvis skifte til miljøvennleg samfunns- og næringsutvikling på Svalbard.

Rapport for 2018:

I 2018 vart det gitt 66 tilsegner til ulike prosjekt på til saman 24,4 mill. kr. Informasjon om desse prosjekta finst på heimesida til fondet: http://www.sysselmannen.no/Svalbards-miljovernfond/. Sidan fondet blei operativt i 2007 og til og med hausten 2018, er det gitt støtte til over 640 prosjekt med ein samla sum på 153 mill. kroner.

Post 50 Overføringar til fondet

Posten skal berre nyttast til overføring av inntektene frå kap. 5578 post 70 Sektoravgifter under Svalbards miljøvernfond.

Kap. 5578 Sektoravgifter under Klima- og miljødepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

70

Sektoravgifter under Svalbard miljøvernfond

20 648

19 670

20 670

Sum kap. 5578

20 648

19 670

20 670

Post 70 Sektoravgifter under Svalbards miljøvernfond

Denne posten blir nytta til avgifter som, i samsvar med svalbardmiljølova, skal overførast til Svalbards miljøvernfond. Miljøavgift for reisande til Svalbard er hovudinntektskjelda til fondet, men under denne posten blir det òg budsjettert med sal av jakt- og fiskekort m.m. Posten aukar med 1 mill. kroner fordi talet på besøkande til Svalbard aukar, hovudsakleg fordi det er fleire besøkande med fly.

Meirinntekter under kap. 5578 post 70 gir grunnlag for tilsvarande meirutgifter som er budsjetterte under kap. 1472 Svalbards miljøvernfond, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Kap. 1473 Kings Bay AS

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

70

Tilskot

50 892

30 270

34 893

Sum kap. 1473

50 892

30 270

34 893

Midlane under denne posten er retta mot resultatområde Polarområda. Tilskotet skal gå til investeringar og drift i Kings Bay AS og naudsynte utgifter til administrasjon av Bjørnøen AS. Posten viser ein auke fordi 12 mill. kroner er plussa på til det generelle tilskotet til drift og investeringar i Ny-Ålesund, mens det samstundes er teke ut 8 mill. kroner som vart løyvd i 2019 til ferdigstilling av service- og administrasjonsbygget i Ny-Ålesund.

Kings Bay AS eig og har ansvaret for drift og utvikling av eigedommen, bygningsmassen og infrastrukturen i Ny-Ålesund på Svalbard. Selskapet yter tenester til forsking og vitskapeleg verksemd, og tilbyr mellom anna innkvartering, matservering, kjøp og organisering av flytransport, sjøvertstenester, beredskap, verkstadtenester og vatn og elektrisitetsforsyning. Selskapet har fleirårige kontraktar med forskingsinstitusjonar frå til saman 10 land. I tillegg nyttar andre norske og utanlandske forskingsinstitusjonar staden utan å drive permanent forsking. Rundt 20 institusjonar har kvart år forskingsprosjekt i Ny-Ålesund. Selskapet yter også tenester ved dagsanløp av turistskip og andre fartøy i sommarsesongen

Staten eig alle aksjane i Kings Bay AS. Selskapet er avhengig av tilskot over statsbudsjettet for å utføre dei samfunnsoppgåvene som det er pålagt. Tilskotet skal dekkje investeringar, eventuelt driftsunderskot i Kings Bay AS og naudsynte utgifter til administrasjon av Bjørnøen AS. Det er krav om at drifta til Kings Bay AS skal gå i balanse og at Ny-Ålesund skal vere ein grøn forskingsstasjon.

I mai 2018 la regjeringa fram ein strategi for forsking og høgare utdanning på Svalbard. Strategien legg vekt på at forskinga i Ny- Ålesund konsekvent utnyttar plassen sin særeigenheit som eit reint, naturvitskapeleg laboratorium. Vidare fastset strategien at utvikling og forvaltning av bygningsmasse, infrastruktur og tenestetilbod i Ny-Ålesund skal byggje opp under prioriterte, heilskaplege satsingar. Noregs forskingsråd la i mai 2019 fram ein eigen forskingsstrategi for Ny-Ålesund. Strategien har klare forventningar til forskarane om kvalitet, samarbeid, transparens, deling av data og resultat. Vidare peiker strategien på utviklingsmoglegheiter som eit integrert overvakingsprogram, vidareutvikling av flaggskipsprogramma og ein gapanalyse for ny forskingsinfrastruktur. Norsk Polarinstitutt har ansvaret for å implementere og følgje opp forskingsstrategien i Ny-Ålesund, og Kings Bay AS skal syte for at deira tenester legg til rette best mogleg for forskinga og overvakinga i Ny- Ålesund.

For å følgje opp regjeringas mål med Ny-Ålesund som fastsett i Svalbardmeldinga og implementere forskingsstrategien, er det nødvendig å styrkje Kings Bay AS for å setje selskapet i stand til å drifte og forvalte staden i tråd med desse måla. Samtidig medfører også klimaendringane nye utfordringar for infrastrukturen og bygningsmassen i Ny-Ålesund. For at Kings Bay AS skal tilby ein god og driftssikker forskingsstasjon er det foreslått å styrkje drifts- og investeringstilskotet med 12 mill. kroner i budsjettet for 2020 for å sikre nødvendige oppgraderingar og investeringar i bygningsmasse og annan infrastruktur.

Rapport 2018

Kings Bay AS har lagt til rette for forskingsaktivitet i Ny-Ålesund på ein økonomisk rasjonell måte med fokus på minst mogleg miljøpåverknad av selskapet si verksemd og forskingsaktivitetane som skjer i Ny- Ålesund. Forskingsaktiviteten er avgjerande for selskapet sine inntekter, og i 2018 var talet forskardøgn på 13 339, noko som er ein reduksjon på 909 forskardøgn frå 2017. Selskapet har i 2018 fullført arbeida med eit nytt felles forskingsbygg. Bygget vart opna i april 2019. Forskingsbygget skal vere eit felles terrestrisk laboratorium, og delar av bygningen med overnattings- og kontorkapasitet er leigde ut til National Institute of Polar Research frå Japan.

Kings Bay AS har store utfordringar med setningsskadar på bygningsmassen som følgje av klimaendringar og tining av permafrosten. Det er gjort vurderingar av ulike tiltak og alternativ for sikring og istandsetjing av Servicebygget, og det er løyvd til saman 37 mill. kroner til sikring og istandsetjing av Servicebygget i perioden 2017–2019 og arbeida starter hausten 2019. Utfordringar med bygningsmassen er krevjande økonomisk for selskapet, og årsresultatet viser eit underskot for selskapet på 1,4 mill. kroner.

Kap. 1474 Fram – Nordområdesenter for klima- og miljøforsking

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

50

Tilskot til statlege mottakarar, kan overførast, kan nyttast under post 70

25 299

24 011

23 891

70

Tilskot til private mottakarar, kan overførast, kan nyttast under post 50

26 404

28 812

28 812

Sum kap. 1474

51 703

52 823

52 703

Midlane under dette kapitlet skal gå til å styrkje og skaffe framifrå ny kunnskap om klima og miljø og om miljøkonsekvensar av ny næringsverksemd i nord. Kunnskapen skal setje oss i stand til å forvalte hav- og landområda våre i nord, og dei ressursane som finst der, på ein endå betre måte, og sikre at ny næringsverksemd på dette området skjer innanfor miljøforsvarlege rammer. Betre kunnskap om klima og miljø har avgjerande verdi for ressursforvalting, klimatilpassing, samfunnsplanlegging og beredskap i nord. Betre kunnskap om og forståing av prosessane i Arktis vil òg vere eit svært viktig bidrag til det internasjonale klimaarbeidet. Aktiviteten er delt inn i seks faglege satsingsområde (flaggskip). Dei er:

  • havisen i Polhavet, teknologi og avtaleverk, leiar: Norsk Polarinstitutt

  • effektar av klimaendringar på fjord og kystøkologi i nord, leiar: Havforskingsinstituttet

  • effektar av klimaendringar på terrestre økosystem, landskap, samfunn og urfolk, leiar: Universitetet i Tromsø

  • havforsuring og økosystemeffektar i nordlege farvatn, leiar: Havforskingsinstituttet

  • miljøgifter – effektar på økosystem og helse, leiar: Norsk institutt for luftforsking

  • miljøkonsekvensar av næringsverksemd i nord (MIKON), leiar: Norsk institutt for naturforsking

Post 50 Tilskot til statlege mottakarar, kan overførast, kan nyttast under post 70

Mål

Midlane skal gå til dei statlege partnarane i Framsenteret, med mål å gjennomføre forvaltingsrelevant klima- og miljøforsking av høg kvalitet i nasjonale og internasjonale nettverk, og til å delta i og utvikle vidare både nasjonalt og internasjonalt tverrfagleg forskingssamarbeid. Midlane skal òg gå til aktiv formidling av forskingsresultat frå klima- og miljøforsking i nord til næringsliv, skuleverk, forvaltingsnivå og eit breitt publikum.

Kriterium for måloppnåing

  • Skaffe fram og publisere ny kunnskap av framifrå kvalitet

  • Bidra til etablering av forskarutdanning og mastergradutdanning gjennom samarbeid med relevante institusjonar innan høgre utdanning på klima og miljø

  • Etablert fagleg forskingssamarbeid mellom relevante nasjonale institusjonar, fylle «kunnskapshol» og gi nasjonal meirverdi

  • Etablert gode forskingsretta nettverk nasjonalt og internasjonalt, og samarbeid med dei andre FoU-miljøa i landsdelen.

  • Fleirfaglege og tverrfaglege samarbeidsprosjekt mellom institusjonane og forskarar med naturvitskapleg, teknologisk og samfunnsvitskapleg kompetanse

  • Formidle forskingsresultat til brukarane, som til dømes forvaltninga, næringslivet, skuleverket, andre relevante brukarar og eit breitt publikum

Tildelingskriterium

Prosjekta må liggje innanfor dei vedtekne faglege satsingsområda, og vere kvalitetssikra av Noregs Forskingsråd. I tillegg må dei vere tverrfaglege i størst mogleg grad.

Oppfølging og kontroll

Leiarane for kvar av dei faglege satsingsområda (Flaggskipsleiarane) er pålagt saman med dei andre deltakarane i flaggskipa å rapportere årleg om forskingsaktivitet som er sett i gang og oppnådde resultat innan 30. november.

Post 70 Tilskot til private mottakarar, kan overførast, kan nyttast under post 50

Midlane skal gå til dei ikkje-statlege partnarane i Framsenteret, til dei same føremåla som for post 50, og kriterium for måloppnåing, rapportering og tildeling, oppfølging og kontroll er dei same. Sjå elles omtalen under post 50 ovanfor. Posten dekkjer òg driftstilskot til Framsenteret AS.

Rapport 2018

Framsenteret har vore involvert i betydeleg nasjonal og internasjonal forskingsaktivitet i 2018. Forskingsmiddel frå flaggskipa har finansiert 96 forskingsprosjekt, og det vart produsert over 100 publiseringar i internasjonale tidsskrift. I tillegg vart forskingsresultat publiserte i Framsenterets eigen rapportserie og formidla på Framsenterets nettside og gjennom ei rekkje kanalar som inkluderer sosiale media og «Dialog dager», framsyningar, dei nasjonale forskingsdagane og stands ved ei rekkje nasjonale og internasjonale konferansar for eksempel som Arctic Cricle in Island. Årets utgåve av Fram Forum vart produsert og utgitt engelskspråkleg i papirform og i elektronisk utgåve med global distribusjon. Forskarar frå Framsenteret har òg presentert si forsking på ei lang rekkje nasjonale og internasjonale fagkonferansar og arbeidsseminar. Forskinga i Framsenteret har òg vore kommunisert til ei rekkje besøk frå ulike land og ambassadar, forskingsinstitusjonar, statlege organ, utdanningsinstitusjonar og media.

Norges Forskingsråd har på oppdrag frå Klima- og miljødepartementet evaluert Framsenteret opp i mot dei overordna måla for senteret fastsett av regjeringa. Evalueringskomiteen gir ei svært positiv vurdering av senteret som eit forskingsstrategisk tiltak som langt på veg har oppnådd desse måla, og av den faglege produksjonen, men har òg ei rekkje tilrådingar, særlig om den organisatoriske strukturen og leiinga.

Programkategori 12.70 Internasjonalt klimaarbeid

Hovudinnhald og prioriteringar

Utgiftene under programkategori 12.70 gjeld resultatområde Klima. Kategorien omfattar verksemda til Klima- og miljødepartementet med kjøp og sal av kvotar og departementet sitt arbeid med Klima- og skoginitiativet.

Klimautfordringa kan berre løysast gjennom eit globalt samarbeid. Noreg skal vere ein pådrivar i det internasjonale klimaarbeidet. Klima- og skoginitiativet er Noreg si største internasjonale klimasatsing, og er saman med kjøp av klimakvotar vårt viktigaste bidrag til å redusere utslepp i utviklingsland. Andre hovudinnsatsområde i det internasjonale klimaarbeidet – Parisavtala, klimafinansiering, utviklinga av internasjonale karbonmarknader og utfasing av subsidiar til fossile brensle, utslepp frå internasjonal transport, og kortlevde klimaforureiningar – er også omtalt i dette kapitlet. Budsjettmidlar knytte til Parisavtala og kortlevde klimaforureiningar er omtalt under programkategori 12.10 Fellesoppgåver, forsking, internasjonalt arbeid m.m. Mykje av det internasjonale klimaarbeidet omtalt i dette kapitlet er finansiert over Utanriksdepartementets budsjett.

Parisavtala

Parisavtala under FNs klimakonvensjon tok til å gjelde 4. november 2016 då tilstrekkeleg mange land hadde ratifisert avtala. Den var eit vendepunkt for internasjonalt samarbeid på klimaområdet, og representerer, saman med klimakonvensjonen, eit solid rammeverk for framtidig global klimainnsats. 186 land har ratifisert avtala. USA har på den andre sida signalisert at dei vil melde seg ut av Parisavtala.

Det overordna formålet med Parisavtala er å styrkje den globale innsatsen mot klimaendringane. Målet er å avgrense den globale temperaturauken til godt under 2 grader samanlikna med førindustrielt nivå, og å søkje å avgrense oppvarminga til 1,5 grader. Landa si evne til å handtere skadeverknadene av klimaendringane skal styrkjast. Avtala har føresegner om støtte til utviklingsland for omstilling til lågutsleppsutvikling. Det er òg oppgitt som eit formål at finansstraumar skal bli meir i samsvar med ei klimarobust lågutsleppsutvikling.

Med Parisavtala tek alle statar på seg å utarbeide, melde inn, halde ved lag og rapportere på suksessive nasjonalt fastsette bidrag (Nationally Determined Contributions), og å setje i verk nasjonale tiltak med sikte på å nå sine nasjonalt fastsette bidrag. Det er stor forskjell i korleis landa har utforma sine innspel. FNs klimasekretariat sine utrekningar viser likevel at dei nasjonalt fastsette bidraga som no ligg til grunn for Parisavtala er langt unna den utviklingsbana som er i tråd med temperaturmålet i avtala. Det er derfor stort behov for å auke ambisjonane over tid gjennom den fastlagte 5-årige ambisjonssyklusen. Mange av dei nasjonalt fastsette bidraga er dessutan uklare, noko som viser at betre rettleiing for korleis mål skal utformast og følgjast opp er naudsynt.

Under klimatoppmøtet i Katowice i Polen i desember 2018 vart arbeidet med å gi Parisavtala eit utfyllande regelverk avslutta. Regelverket har fleire funksjonar. Parisavtala byggjer på at det er landa sjølve som fastset sine nasjonale bidrag, og i Katowice vart det blant anna semje om retningslinjer for kva slag informasjon som skal følgje med bidraga. Det vart òg semje om korleis landa sine bidrag skal målast, rekneskapsførast og rapporterast. Det nye regelverket er felles for alle land. Det utfyllande regelverket vil medverke til å styrkje avtala ved å gjere det lettare å samanlikne landa sine bidrag, summere bidraga og måle framgang.

Det er foreløpig ikkje semje om regelverket for marknadssamarbeid, dvs. samarbeid der land kan kjøpe og selje utsleppsreduksjonar. Usemja gjeld blant anna korleis Parisavtalas føresegner om at utsleppsreduksjonar som ikkje skal teljast dobbelt skal handterast i den nye FN-mekanismen. Før det blir semje om det utfyllande regelverket for marknadssamarbeid vil det ikkje vere mogleg for land å samarbeide under den felles FN-mekanismen.

Dialogen om ambisjonar, den såkalla Talanoa-dialogen som heldt på i 2018 vart avslutta i Katowice med ein variert gjennomgang av høva til å auke innsats og ambisjonar under Parisavtala. Land er no oppmoda til å ta dette i betraktning når dei vurderer sine mål og sin innsats for nye og oppdaterte mål som skal meldast inn i 2020.

Klimafinansiering

Noreg har vore eit føregangsland i å innrette klimafinansieringa på ein langsiktig og føreseieleg måte. Særleg gjeld dette Klima- og skoginitiativet (sjå eigen tekst etter tabell 7.20). Norsk klimafinansiering, utover Klima- og skoginitiativet og kjøp av klimakvotar, blir betalt over Utanriksdepartementets budsjett. KLD omtalar likevel klimafinansiering breitt i denne budsjettproposisjonen for å gi en samla framstilling.

Det grøne klimafondet er hovudkanalen for klimafinansiering under klimakonvensjonen. Regjeringa har annonsert at bidraget til Det grøne klimafondet skal aukast frå 400 til 800 mill. kroner årleg for perioden 2020–2023. Av auken på 400 mill. kroner vil 300 mill. kroner gå over Utanriksdepartementet sitt budsjett og 100 mill. kroner blir dekt over KLD og budsjettet til Klima – og skoginitiativet. Diskusjonane om den første formelle påfyllinga til fondet er i gang, og det er teke sikte på å bli ferdig med forhandlingane i 2019.

Norsk støtte til klimatiltak i utviklingsland er svært viktig for ei effektiv gjennomføring av Parisavtala. I Meld. St. 24 (2016–2017) Felles ansvar for felles framtid har regjeringa signalisert at den vil auke nivået på klimafinansieringa. Fornybar energi vil ha ein sentral plass i den norske innsatsen og regjeringa foreslår ei løyving på 887 mill. kroner til fornybar energi i 2020. Regjeringa vil auke innsatsen for klimatilpassing, førebygging og kamp mot svolt og gjere dette til eit hovudelement i norsk utviklingsarbeid. I 2020 blir støtta til dette arbeidet foreslått med 500 mill. kroner. Av dette går 200 mill. til klima- og havpostane, og 100 mill. kroner til mattryggleik. Det grøne klimafondet har eit mål om at halvparten av finansieringen skal gå til klimatilpassing. 200 mill. av Noregs auka bidrag på 400 mill. kroner vil såleis gå til tilpassingstiltak.

Norsk klimafinansiering skal framover innrettast slik at den medverkar til transformative tiltak med verifiserbar klimaeffekt. Vårt sterke engasjement for resultatbasert finansiering blir særleg følgt opp gjennom Klima- og skoginitiativet, statens kvotekjøpsprogram og i eit pilotprogram under Verdsbanken, Transformative Carbon Asset Facility. Gjennomføring av Parisavtala og støtte til utviklingsland sitt arbeid og innmelde klimaplanar (NDC) vil vere ei viktig føring for innretninga av klimafinansieringa framover.

Parisavtalas artikkel 2.1 c slår fast at finansieringsstraumar må gjerast konsistente med ei utvikling med låge utslepp av klimagassar og klimarobustheit. Dette understrekar betydninga av å bruke offentlege midlar og verktøy slik at private investeringar dreier seg i retning av lågutsleppsløysingar og -teknologi. Norfund er til dømes eit viktig verkemiddel i denne samanhengen. Stortinget har stilt krav om at 50 pst. av tilførte midlar til Norfund skal nyttast til investeringar i fornybar energi. Å mobilisere private investeringar til privat klimafinansiering er også eit viktig mål for Det grøne klimafondet, som har ein eigen fasilitet for privat sektor.

Under klimatoppmøtet i desember 2018 vart det semje om eit nytt system for måling og rapportering av klimafinansiering til utviklingsland. Rapporteringsrettleiinga på dette området er ein integrert del av det styrka målings- og rapporteringssystemet under Parisavtala. Systemet gir partane høve til å presentere informasjon om si klimafinansiering på ein open og detaljert måte. Det gir tydelegare reglar for teljing av multilateral klimafinansiering, med rettleiing for å unngå dobbeltteljing med andre land. Det nye systemet omfattar òg regelverk for å telje private midlar som er utløyste av offentleg støtte. Partsmøtet vedtok òg eit regelverk for Parisavtalas artikkel 9.5, som handlar om kommunikasjonen om klimafinansiering. Vedtaket forpliktar industrilanda til annakvart år å levere kvantitativ og kvalitativ informasjon om si framtidige klimafinansiering.

Klima- og miljødepartementet har bilaterale miljøsamarbeid med Kina, India og Sør-Afrika, og støttar internasjonale initiativ for grøn økonomi i utviklingsland. I tillegg støttar Noreg klimatiltak og lågutsleppsutvikling i EU-landa med svakast økonomi gjennom EØS-midlane. 5 mrd. kroner er sett av over UDs budsjett til klima-, energi og miljøsamarbeid med mottakarlanda i perioden 2014–2021. For meir informasjon, sjå programkategori 12.10 Fellesoppgåver, forsking, internasjonalt samarbeid m.m.

Internasjonale karbonmarknader, prising av utslepp og utfasing av subsidiar til fossile brensle

Noreg skal vere ein pådrivar i arbeidet for å setje ein pris på CO2, og for utvikling av effektive, fungerande internasjonale karbonmarknader.

I sine innmeldingar til FNs klimakonvensjon av nasjonale mål (NDC) er det mange land som opplyser at dei har sett, eller vurderer å setje, ein pris på utslepp av klimagassar. Felles for dei fleste av dei landa som har ein pris på utslepp er prisar som er for låge til å fremje teknologisk utvikling og omstilling. Ein ny og meir ambisiøs klimapolitikk globalt vil krevje høgare prisar.

Parisavtala har etablert ei ramme for marknadsbasert samarbeid mellom land etter 2020. Noreg arbeider aktivt gjennom klimaforhandlingane for å sikre ei god innretning av marknadsbasert samarbeid under Parisavtala, samtidig som ein gjennom deltaking i Transformative Carbon Asset Facility (TCAF) tek del i arbeidet med å utvikle pilotar for å teste ut nye former for marknadssamarbeid innanfor ramma av Parisavtala.

Bruk av ulike former for marknadsmekanismar har både ført til store utsleppsreduksjonar og investeringar i mange utviklingsland. Den grøne utviklingsmekanismen (CDM), som ligg til grunn for statens kvotekjøpsprogram, har ifølgje berekningar gjort av FNs Klimasekretariat (UNFCCC) så langt ført til omlag 2 milliard tonn CO2-ekvivalentar i verifiserte reduserte utslepp. Dei faktiske reduksjonane av utslepp er av UNFCCC utrekna til å bli om lag fire gonger så høge fram til 2020. I tillegg har utviklingsland sin bruk av fleksible mekanismar ført til store investeringar i desse landa, og vist korleis ein kan gjennomføre tiltak som ikkje berre reduserer utslepp av drivhusgassar, men også har stor utviklingseffekt, til dømes gjennom redusert lokal forureining, og tilgang på fornybar energi.

Regjeringa arbeider òg for utfasing av subsidiar på fossilt brensel. Globalt har det dei seinare åra blitt brukt opp til 500 mrd. US dollar årleg på subsidiar for lågare brenselsprisar til forbrukar. Beløpet varierer med oljeprisen og er no noko lågare, men samtidig ser ein etterkvart også effektar av at viktige land – som Mexico, Indonesia og India – har gjennomført subsidiereform. Utfasing av fossile subsidiar er eit viktig tiltak land kan gjennomføre for å bidra til at utsleppa av drivhusgassar går ned.

Det er ein aukande tendens til at land i ulike verdsdelar set i gang reformarbeid for fossilsubsidiar. Dette har i stor grad skjedd i ein periode med låge prisar på fossil energi. Ei viktig utfordring er å halde reformarbeidet oppe i periodar med aukande prisar. Noreg støttar difor mellom anna utgreiingsarbeid gjennom Nordisk Ministerråd, der ein ser på høva i konkrete sektorar i enkelte utviklingsland, for eksempel for å få til såkalla «swaps», der innsparte subsidiar blir reinvesterte i energieffektivitet og fornybar produksjon. Noreg arbeider òg for å fase ut fossile subsidiar gjennom andre kanalar, slike som Vennegruppa for reform av fossile subsidiar saman med dei andre nordiske landa og Costa Rica, Etiopia, New Zealand og Sveits.

Bruk av fleksible mekanismar

Gjennom Kyotoprotokollens system og i Parisavtala er det opna for fleksibel gjennomføring og samarbeid mellom land som supplement til nasjonale tiltak. Dette har gjort det mogeleg for Noreg å ta på seg større forpliktingar, og dermed større globale reduksjonar, enn ein kunne utan ei slik ordning. Ein viser til Innst. 60 S (2013–2014) der ein samla komité (Energi- og miljøkomiteen) skriv følgjande: «Komiteen vil peke på at det gjennom Kyotoprotokollens system åpnes for en fleksibel gjennomføring og samarbeid mellom land som supplement til nasjonale tiltak. Komiteen viser til at dette kan gjøre det mulig for Norge å ta på seg større forpliktelser og bidra til større globale reduksjoner».

Ved ratifikasjon av endringar i Kyoto-protokollen har Noreg forplikta seg til å redusere dei årlege klimagassutsleppa i perioden 2013–2020 med 16 pst. i gjennomsnitt, jamført med Noregs utslepp i 1990. Reduksjonane i klimagassutslepp vil i hovudsak komme gjennom nasjonale tiltak, medrekna den norske deltakinga i det europeiske kvotesystemet, EU-ETS, som omfattar rundt halvparten av alle norske klimagassutslepp. Kvotar frå prosjekt i utviklingsland skal sikre at Noreg fullt ut oppfyller sine plikter under Kyoto-protokollen. For ei nærare omtale av kvotesystemet, og av samanhengen mellom dette og statens behov for kvotar frå utviklingsland, viser ein til boks 7.3 i Prop. 1 S (2016–2017) Klima- og miljødepartementet for 2017.

Det blir lagt vekt på at statens kvotekjøp skal gjere ein skilnad. Ein kjøper derfor berre kvotar frå prosjekt som er i ferd med å innstille på grunn av manglande inntekter frå kvotesal eller som allereie har innstilt, og frå nye prosjekt. Klima- og miljødepartementet har inngått kontraktar med forventa levering av om lag 47 millionar kvotar. I tillegg har ein overført 3 millionar kvotar som ikkje vart nytta i den første Kyotoperioden (2008–2012).

I Parisavtala er det opna for at land kan samarbeide om gjennomføring av tiltak for å redusere utslepp av globale klimagassar. Slikt samarbeid opnar for at enkeltland aukar ambisjonane sine og kan såleis bli viktig for å realisere målet om å halde den globale oppvarminga godt under 2 grader, og å prøve å avgrense temperaturauken til 1,5 grad. Arbeidet med å utvikle reglar og prosedyrar vil ta tid. Gjennom kvotekjøpsprogrammet arbeider Klima- og miljødepartementet med å vidareutvikle dagens kvotesystem med sikte på å prøve ut ordningar som er tilpassa den nye klimaavtala for perioden etter 2020. Klima- og miljødepartementet deltek i Transformative Carbon Asset Facility (TCAF) som blei lansert i tilknyting til klimakonferansen i Paris og erklært operativt i mars 2017. Fondet skal utvikle pilotar for samarbeidsformer tilpassa ein ny mekanisme under Parisavtala.

Formålet med fondet er å medverke til varig omlegging i utviklingsland gjennom program som støttar utvikling av lågutsleppsløysingar for sektorar i eit land. Bruk av økonomiske verkemiddel, mellom anna prising av utslepp av klimagassar, kan til dømes vere eit sentralt element i ei slik omlegging. Fondet kan medverke til at utviklingslanda aukar sine ambisjonar. I innmeldingar til FNs klimasekretariat før klimakonferansen i Paris indikerte fleire utviklingsland eit klart høgare ambisjonsnivå om dei får internasjonal støtte til å gjennomføre tiltak. Samarbeidsprogram, til dømes program gjennom TCAF, kan bli viktige verkemiddel for slike tiltak. Gjennom Parisavtala har alle land forplikta seg til å vurdere sine mål kvart femte år med sikte på å heve ambisjonane. Samarbeid mellom land om gjennomføring av tiltak kan bli avgjerande for nivået på ambisjonane.

TCAF skal levere målbare resultat i form av verifiserte utsleppsreduksjonar som deltakarane i fondet eventuelt kan bruke som bidrag til å nå nasjonale mål (NDC). Fondet vil vere resultatbasert, betaling for utsleppsreduksjonane vil som hovudregel først skje når resultat er dokumentert. Arbeidet med slike omfattande program er krevjande og kan ta lang tid. Det er dermed uvisst når, og i kva grad, TCAF vil føre til reduserte utslepp av klimagassar.

Utsleppsreduksjonar ein kjøper gjennom marknadsbasert samarbeid under Parisavtala krev avtale med vertslanda om korleis slike utsleppsreduksjonar skal bokførast for å sikre at verknadene av eit tiltak ikkje blir dobbeltrekna.

I samsvar med Meld. St. 41 (2016–2017) Klimastrategi for 2030 – norsk omstilling i europeisk samarbeid, arbeider regjeringa for å inngå ei avtale med EU der Noreg og EU-land samarbeider om å redusere klimagassutsleppa med 40 pst. Denne reduksjonen skal takast innanfor EØS, utan å rekne med effekten av eventuelle tiltak i land utanfor EØS-området. Stortinget gav sitt samtykke til å inngå avtala med EU i juni 2019. Avtala er no til behandling i EU og skal så til behandling i EØS-komiteen.

Utslepp frå internasjonal transport

Noreg arbeider innanfor FNs sjøfartsorganisasjon (IMO) og FNs organisasjon for sivil luftfart (ICAO) med å utvikle regelverk for å redusere klimagassutsleppa frå internasjonal transport. I oktober 2016 vedtok generalforsamlinga i FNs luftfartsorganisasjon (ICAO) å innføre eit marknadsbasert verkemiddel for å bidra til at vidare vekst i internasjonal luftfart etter 2020 ikkje aukar netto CO2-utslepp, såkalla karbonnøytral vekst. På engelsk kallast dette verkemiddelet «Carbon Offsetting Reduction Scheme for International Aviation» (CORSIA). ICAO har vedteke utfyllande føresegner i seinare rådsmøte, blant anna i juni 2018, november 2018 og mars 2019. Noreg er blant over 80 land, inkludert 43 andre europeiske land, som så langt har meldt at vi ønskjer å delta i den frivillige fasen 2021–2026 for ICAO CORSIA. Andre fase, som er obligatorisk for dei fleste land, er frå 2027–2035. To norske luftfartøysoperatørar vil vere omfatta av ICAO CORSIA. ICAO CORSIA vart gjennomført i norsk rett i 2019 gjennom endringar i klimakvotelova og klimakvoteforskrifta, jf. Prop. 109 L (2018–2019).

Tabell 7.18 Nasjonalt mål under programkategori 12.70

Resultatområde

Nasjonale mål

Klima

Reduserte utslepp av klimagassar frå avskoging og skogdegradering i utviklingsland, i samsvar med berekraftig utvikling.

Klima- og skoginitiativet

Klima- og skoginitiativet har i ti år hatt mål om å (1) medverke til at det internasjonale klimaregimet er eit effektivt verkemiddel for reduserte utslepp frå skog (REDD+); (2) medverke til kostnadseffektive, tidlege og målbare reduksjonar i utslepp av klimagassar; og (3) medverke til å ta vare på naturskog for å sikre denne skogen si evne til å binde karbon. Det første målet vart i stor grad nådd gjennom at avskoging er ein sentral del av klimaavtala som vart vedteken i Paris i 2015. Uavhengige evalueringar har vist at initiativet har medverka til utvikling i riktig retning også på dei andre måla.

Sjølv om Parisavtala i 2015 var eit gjennombrot for internasjonalt samarbeid på klimaområdet er ikkje det totale ambisjonsnivået i avtala tilstrekkeleg, og ein global storskala betalingsstruktur er ikkje utvikla. Klima- og skoginitiativet har derfor utvida innsatsen gradvis gjennom dei første ti åra, til også å inkludere globale drivkrefter bak avskoginga direkte. I lys av dette foreslår regjeringa nokre justeringar i måla og strategien til Klima- og skoginitiativet.

Justerte mål og strategi

Innhaldet i dei tidegare måla for initiativet blir behalde, men blir samla i eit nytt overordna hovudmål: Å medverke til at redusert og reversert tap av tropisk skog bidrar til eit stabilt klima, bevart naturmangfald og berekraftig utvikling. Under hovudmålet er det to delmål: (i) å bidra til berekraftig skog- og arealforvaltning i utviklingsland og (ii) å medverke til redusert press på tropiske skogareal frå globale marknader.

Delmål (i) blir målt på nasjonalt- eller delstatsnivå i prioriterte land, mens delmål (ii) blir målt både i særskilte geografiar og globalt. Noreg, gjennom Klima- og skoginitiativet, vil sjølvsagt ikkje aleine kunne oppnå desse globale måla. Gjennom målretta og strategisk innsats skal initiativet medverke til at verda når måla. Innsats som mest effektivt medverkar til kostnadseffektive og målbare utsleppsreduksjonar er prioriterte.

FNs klimapanel har vist at å oppnå måla i Parisavtala føreset ein stans i avskoginga nesten umiddelbart, og ei enorm påskoging dei neste 10 åra og fram til 2050. Stans i avskoging er eitt av FNs berekraftsmål, og det er ein føresetnad for å nå ei rekkje andre berekraftsmål – bl.a. knytt til svolt, vasstilgang og fattigdom. Også eitt av dei seks globale skogmåla i FNs strategiske plan for skog er å reversere verdas skogtap gjennom berekraftig skogbruk, vern, restaurering av skog mm. Gitt kor rask og omfattande omvelting som må til for å reversere skogtapet, må nye aktørar med i kampen mot avskoging. Å byggje global oppslutning er prioritert i innsatsen og er eit premiss for å nå begge måla til Klima- og skoginitiativet.

Delmål 1: Å bidra til berekraftig skog- og arealforvaltning i utviklingsland

Berekraftig arealforvaltning inneber at eit land har ein ambisiøs klima- og skogpolitikk som blir underbygd av skogvennlege arealplanar på tvers av sektorar, sikrar landrettar til urfolk og lokalsamfunn, og blir støtta opp om av den overordna økonomiske politikken. Dette gjer det mogleg å halde ved lag eller auke råvareproduksjonen utan å avskoge. Måloppnåing føreset at arealplanar og relevante lover blir overhaldne, og at den rurale økonomien medverkar til sosioøkonomisk utvikling utan avskoging. Gode målesystem og tidleg-varslingssystem for skogtap er viktige for å forstå og ta tak i årsakene til avskoginga.

Klima- og skoginitiativets hovudstrategi vil framleis vere å skape politiske og økonomiske insentiv for reform i utviklingsland gjennom ambisiøse, resultatbaserte samarbeid. Samarbeid med myndigheiter på nasjonalt og delstatsnivå er ein viktig pilar i innsatsen. Eigarskap og forankring på høgt politisk nivå er ein føresetnad for å lykkast. Det er òg viktig å støtte breiare alliansar for bevaring av skog i landa. Støtte til sivilsamfunnsorganisasjonar og til urfolk og andre skogfolk står sentralt

Å få på plass internasjonale insentivstrukturar for utsleppsreduksjonar frå skog (REDD+) er sentralt for å få til langsiktig og varig innsats i skoglanda. Parisavtala trer i kraft i 2020. Noreg må bidra til at avtala aukar ambisjonane på skog, og for å sikre gjennomføring av desse. For å nå større skala, vil vi leggje til rette for at privat næringsliv medverkar som kjøparar av utsleppsreduksjonar av høg sosial og miljømessig kvalitet.

Delmål 2: Redusert press på tropiske skogareal frå globale marknadar

Redusert press på skogen frå globale marknadar krev både at total etterspørsel etter avskogingsdrivande råvarer blir avgrensa, og at ein større del av globale forsyningskjeder blir avskogingsfrie. Vi må medverke til at produsentar, handelsnæring, matvareselskap og forbrukarar blir gjort ansvarlege. Bankar, investorar og finansregulatorar må i høgare grad inkorporere avskogingsrisiko. Det internasjonale samfunn må slå ned på skogkriminalitet og på åtferd som medverkar til avskoging, og internasjonal handels-, anskaffings- og bioenergipolitikk må ikkje auke presset på skogen.

Klima- og skoginitiativet vil medverke til at alliansen av selskap som produserer og etterspør avskogingsfrie råvarer blir styrkt og utvida. Finansnæringa, framveksande økonomiar og deira selskap og innanlandsk etterspørsel i skoglanda må med. Initiativet vil støtte modellar for innovativ finansiering av avskogingsfrie varer og forsyningskjeder. Gjennom diplomati, støtte til sivilsamfunnskampanjar og kunnskapsutvikling skal initiativet medverke til at marknadssignal og politiske signal verkar saman. Initiativet skal medverke til transparens i heile forsyningskjeda, ved å støtte tiltak som gir open informasjon om avskoging og årsaker til den, kvar og korleis varer blir produserte, kva selskap som kjøper råvarer frå kven, og kven som finansierer desse.

Kriminelle handlingar er årsak til ein stor del av øydelegginga av regnskogen. Det omfattar både handel med ulovleg tømmer og ulovleg avskoging for å produsere landbruksvarer. Innsatsen mot internasjonal skogkriminalitet vil framleis vere ein del av strategien til Klima- og skoginitiativet.

Risiko

Skogbevaring er heilt sentralt for å redusere risiko for klimaendringar med alvorlege konsekvensar for menneskeheita. Risiko knytt til Klima- og skoginitiativet er størst ved å ikkje gjere noko. Risiko som ligg i sjølve innsatsen er i stor grad den same som den har vore hittil, bl.a. låg kapasitet og manglande politisk vilje i skogland, sterke motkrefter, marknadssvikt og fattigdom. På nasjonalt nivå vil politiske skifter også framover kunne føre til forseinkingar eller endra strategi og innretning av samarbeida. Globalt er marknadskreftene som driv avskoging enorme. Sjølv om skoglanda skulle lykkast med å rasjonalisere arealforvaltninga, er presset betydeleg.

Riksrevisjonens forvaltningsrevisjon av Klima- og skoginitiativet (Dok. 3:10 (2017–2018)) hadde også nokre kritiske merknader knytt til innsatsen til initiativet, og tilrådingar for initiativet vidare. Klima- og miljødepartementet følgjer opp Riksrevisjonens tilrådingar som beskrive i klima- og miljøministerens svar til Riksrevisjonens rapport. Stortinget slutta seg til klima- og miljøministerens strategi for oppfølging av forvaltningsrevisjonen i Innst. 61 S (2018–2019). Alle skoglanda som Klima- og skoginitiativet samarbeider med har utfordringar når det gjeld styresett, og fleire av satsingane inneber betydeleg risiko for økonomisk misleghald. Risikovurderingar og risikohandtering er derfor ein sentral del av alle prosjekt initiativet arbeider med. Grundig kvalitetssikring før inngåing av tilskotsavtaler er eitt sentralt element i dette arbeidet. Som for alle bistandsprosjekt er nulltoleranseprinsippet lagt til grunn for økonomisk misleghald, sjå nærare i omtale i Prop. 1 S (2017–2018) Utanriksdepartementet.

Boks 7.5 Endringsteori – Korleis kan avskoginga stansast?

Til trass for viktige resultat gjennom ti år med klima- og skoginitiativet, har verda totalt sett ikkje lykkast med å redusere avskoging i tråd med det vitskapen krev. Tropisk avskoging skuldast ein kombinasjon av styringssvikt og marknadssvikt.

Styringssvikt: Gjennom rasjonell arealbruk kan dei fleste skogland produsere betydeleg meir råvarer enn i dag utan å avskoge. Avskoging gjer oftast eit fåtal rike til kostnad for fellesskapet og lokalsamfunn. Dei fleste nødvendige reformene for berekraftig arealbruk er i skoglanda si eigeninteresse. Likevel tek endring tid. Dette er dels på grunn av låg kapasitet, men endå viktigare, på grunn av ein politisk økonomi som fremjar avskoging, og som i tillegg blir forsterka av press på areal frå globale marknadar.

Marknadssvikt: Globale råvaremarknadar, og særleg matsystemet, har ikkje prisa inn kostnadene ved avskoging. Etterspørselen etter råvarer som storfekjøtt, soya, palmeolje, tømmer, papirmasse og kakao har auka drastisk, driven av ei rikare verdsbefolkning og ikkje minst Kinas framvekst. Også klimapolitikken legg press på verds areal, gjennom auka etterspørsel etter førstegenerasjons biodrivstoff frå plantevekstar og gjennom bioenergi med karbonfangst. I Afrika er presset i høg grad internt drive gjennom ein dramatisk folkevekst. Vestlege selskap med nullavskogingsmål står for ein stadig mindre del av global etterspørsel, til kostnad for innanlands etterspørsel i skogland og framveksande økonomiar.

Å stanse og reversere tropisk avskoging vil krevje både dramatisk betra arealforvaltning og ein rask transformasjon av verds mat- og råvaresystem. Desse to prosessane er gjensidig avhengige av kvarandre.

Prioriteringar

Klima- og skoginitiativet prioriterer innsats som medverkar til tidlege, kostnadseffektive og store utsleppsreduksjonar, og som samtidig beskyttar store område med artsrik naturskog. Noregs viktigaste bidrag til dette har til no vore gjennom bilaterale og multilaterale landsamarbeid. Ambisiøse resultatbaserte, bilaterale samarbeid har vist seg å fungere godt. Det høge ambisjonsnivået har stimulert til politisk eigarskap på høgt nivå. Dei bilaterale partnarskapa vil framleis utgjere den viktigaste delen av Klima- og skoginitiativet, både strategisk og politisk, og som del av budsjettet.

Bl.a. i Kongobassenget og Afrika sør for Sahara er fattigdom og folkevekst ein sterk drivar av avskoging. Her må ei breiare bistandssatsing til for å skape berekraftig rural utvikling. Utover å støtte relevante politiske reformer vil initiativet her selektivt støtte innovative, strategiske tiltak som andre bistandsaktørar eventuelt kan skalere opp.

Klima- og skoginitiativet har bilaterale samarbeidsavtaler med dei viktigaste skoglanda der det er politisk vilje til bevaring av skogen. I val av samarbeidsland er det òg lagt vekt på potensial for utsleppskutt, høve til berekraftig arealforvaltning, ambisjonsnivå under Parisavtala, testing av ulike tilnærmingar og involvering av privat næringsliv.

Multilateralt samarbeid er viktig for å nå måla for Klima- og skoginitiativet. I fleire av samarbeida samarbeider Noreg tett med andre store givarar som Tyskland og Storbritannia. Noreg har òg investert i multilaterale kanalar for REDD+-finansiering i Verdsbanken og FN-systemet. Det viktigaste til no har vore Verdsbankens skogkarbonfond FCPF, der Noreg har medverka med ca. ein tredel av i alt 7,2 mrd. kroner, med Tyskland som største investor. Det største potensialet for auka finansiering framover synest å vere frå privat næringsliv, bl.a. frå internasjonal luftfart, nye karbonmarknadar og frå frivillig kvotekjøp frå selskap i sektorar som treng tid til å omstille seg.

Støtte til sivilsamfunnsaktørar er ein sentral del av Klima- og skoginitiativets innsats. Sivilsamfunnsorganisasjonar fungerer som vaktbikkje, som forankring på tvers av politiske skiljelinjer, og som kunnskapsprodusentar- og formidlarar. I 2019 utgjer støtte til sivilsamfunnsorganisasjonar om lag 20 pst. av tilskotsutbetalingane til Klima- og skoginitiativet. Innsatsen blir halden på same nivå også framover.

Data om skogen og kor og kvifor den blir øydelagt, må vere opne og tilgjengelege. Store delar av den globale avskoginga er ulovleg. Auka transparens kan endre den politiske viljen til å ta tak i dette. Også lovleg avskoging kan reduserast dersom forbrukarar blir klar over kva produktet dei kjøper har medverka til. I 2019 har Klima- og miljødepartementet lyst ut ei innkjøpsavtale for å gjere høgoppløyste satellittbilete av den tropiske skogen gratis og offentleg tilgjengelege. Avtale om innkjøpet blir inngått ved årsskiftet 2019–2020. Klima- og skoginitiativet vil bruke innkjøpet, og støtte til landa sin innsats, og sivilsamfunnsinnsats, for å medverke til systemendringar på tvers av land og i heile sektorar.

Kortlevde klimaforureiningar

Noreg er langt framme på kunnskapsutvikling og internasjonalt engasjement for å redusere utslepp som gir klimaeffekt på kort sikt og som gir tilleggseffektar som betre helse og auka matproduksjon. Dette blir gjort ved å redusere utslepp av kortlevde klimadrivarar som metan, svart karbon (BC) og nokre hydrofluorkarbon (HFK) i tillegg til CO2. Desse har relativt kort levetid i atmosfæren samanlikna med CO2 og kan derfor gi rask klimaeffekt og bremse farten på oppvarminga. Dette vil vere viktig for land som er særleg sårbare for konsekvensane av klimaendringane. Sidan ein del av tiltaka for å redusere desse utsleppa òg har ei rekkje andre fordelar som betre luftkvalitet, helse og jordbruksproduktivitet, kan vi redusere skadeverknadene av klimaendringane og samtidig medverke til å nå fleire av berekraftsmåla.

Noreg arbeider derfor internasjonalt for å redusere desse utsleppa, både gjennom Arktisk råd og Koalisjonen for Klima og rein luft (CCAC). Sidan hausten 2014 har Noreg sete i styringskomiteen til CCAC. Koalisjonen vart skapt i 2012 og har no 12 land og organisasjonar som medlemmar. I koalisjonen har Noreg vore særleg engasjert i å utvikle metode for å vurdere tiltak som gir klimaeffekt, både på kort og lang sikt, og helsegevinstar.

Miljødirektoratet har gjort fleire utgreiingar og medverka til viktig metodeutvikling nasjonalt og internasjonalt. Våren 2019 publiserte Miljødirektoratet ein rapport om klimaeffekt på kort sikt og helsegevinstar av 39 tiltak (Klimaeffekt på kort sikt og helseeffekter av tiltak for å redusere utslipp av klimadrivere i Norge).

Utanriksministermøtet under Arktisk råd vedtok i 2015 at dei arktiske landa skal redusere utsleppa sine av svart karbon og metan. I 2017 blei utanriksministermøtet samd om eit kollektivt mål om å samla redusere utsleppa av svart karbon (sot) med mellom 25 og 33 pst. innan 2025, samanlikna med 2013. Det kollektive målet er ikkje juridisk bindande. Målet skal vurderast på nytt, med sikte på å auke ambisjonane ytterlegare. Svart karbon har ein særskilt oppvarmande effekt når det blir sleppt ut i nærleiken til dei arktiske områda, då partiklane legg seg på is og snø og hindrar at solstrålane blir reflekterte tilbake til atmosfæren. Dei arktiske landa står for ti prosent av dei globale utsleppa av svart karbon, men medverkar til tretti prosent av oppvarmingseffekten i Arktis. Arktisk råd gjennomfører ei rekkje konkrete pilotprosjekt for å redusere kortlevde klimadrivarar. Noreg har teke i bruk mange verkemiddel som reduserer utslepp av svart karbon. Noreg har hatt ei pådrivarrolle for å få landa med størst utslepp med på eit kollektivt mål for reduksjon av svart karbon.

I oktober 2016 vart det vedteke å fase ned produksjon og forbruk av hydrofluorkarbon (HFK) under Montrealprotokollen (Kigali-endringane). HFK-gassar blir nytta som erstatning for fleire av dei ozonreduserande gassane, og er sterke klimagassar. Dei fleste HFK-gassane har kort levetid i atmosfæren samanlikna med CO2. Endringane tredde i kraft frå 2019. Noreg ratifiserte Kigali-endringane i september 2017 og revidert norsk produktforskrift tredde i kraft desember 2018. For å oppfylle Noregs skyldnader vart eit system for lisensiering av import innført i 2019. Noreg arbeider bilateralt med India for å redusere utsleppa av HFK der.

Nærare om budsjettforslaget

Foreslått løyving knytt til programkategorien for 2020 er på 3,474 mrd. kroner. Dette er ein auke på om lag 114 mill. kroner eller om lag 3,4 pst. samanlikna med saldert budsjett for 2019. Auken relaterer seg til lønnskompensasjon og betaling for kvotar og andre utsleppsreduksjonar som blir leverte i 2020.

Overslaget på inntekter frå kvotesal er sett til 8,288 mrd. kroner. Budsjettmidlar knytt til Parisavtala og kortlevde klimaforureiningar er omtalt under programkategori 12.10 Fellesoppgåver, forsking, internasjonalt arbeid m.m.

Utgifter under programkategori 12.70 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

Pst. endr. 19/20

1481

Klimakvotar

135 813

179 809

293 312

63,1

1482

Internasjonale klima- og utviklingstiltak

2 964 018

3 180 582

3 181 116

0,0

Sum kategori 12.70

3 099 831

3 360 391

3 474 428

3,4

Kap. 1481 Klimakvotar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Driftsutgifter, kan overførast

1 083

4 499

3 002

22

Kvotekjøp, generell ordning, kan overførast

134 406

175 000

290 000

23

Kvotekjøp, statstilsette sine flyreiser, kan overførast

324

310

310

Sum kap. 1481

135 813

179 809

293 312

Post 01 Driftsutgifter, kan overførast

Posten omfattar utgifter til kjøp av eksterne tenester som kommersiell og juridisk rådgiving, og andre driftsutgifter i samband med arbeidet med kjøp av utsleppsreduksjonar. Det blir foreslått ei løyving på 3 mill. kroner på denne posten.

Post 22 Kvotekjøp, generell ordning, kan overførast

Posten omfattar utgifter til kjøp av klimakvoter og andre utsleppsreduksjonar.

Strategien for kjøp av klimakvotar i perioden 2013–2020 er drøfta i Revidert nasjonalbudsjett 2013. Der legg ein vekt på at staten gjennom sitt kvotekjøp skal medverke til utviklinga og legitimiteten til det internasjonale samarbeidet. Kjøpsstrategien byggjer på FN-systemet, og ein fører i store trekk vidare strategien frå første Kyotoperiode (2008–2012). Staten kjøper kvotar frå FN-godkjende prosjekt som står i fare for å innstille drifta eller som allereie har innstilt, og frå nye prosjekt. Ein har ikkje kjøpt kvotar frå prosjekt som har andre inntekter som dekkjer dagleg drift, til dømes frå sal av elektrisk kraft. Slike prosjekt vil mest truleg halde fram å generere utsleppsreduksjonar uavhengig av statens kvotekjøp. I samsvar med EUs regulering av kvotehandelssystemet har staten ikkje kjøpt kvotar frå hydrofluorkarbonprosjekt, adipinsyreprosjekt, eller frå kolbasert energiproduksjon utan karbonfangst og lagring.

Klima- og miljødepartementet foreslår at det blir løyvd 290 mill. kroner til betaling for kvotar og andre utsleppsreduksjonar som blir leverte i 2020. Overslaget er basert på forventa levering frå eksisterande avtaler, men som vanleg er det uvisst kor mange kvotar som faktisk vil bli leverte. Dette vil avhenge av utviklinga i det enkelte prosjekt. Blir til dømes eit prosjekt forseinka, eller kanskje ikkje gjennomført, vil dette påverke utbetalingane. Det ligg også inne overslag på utbetalingar til fond under Verdsbanken (TCAF og CPF) og NEFCO (NeCF og NorCAP). Forvaltingskostnadene til desse fonda vert også ført på denne posten.

I visse høve vil det vere ønskjeleg å betale ein viss del på forskot, mellom anna ved deltaking i fond under Verdsbanken. I samsvar med etablert praksis kan det vere aktuelt å betale eit mindre forskotsbeløp til prosjekteigarar for å dekkje ymse administrasjonskostnader. For å hjelpe land med å identifisere og utvikle program som i sin tur kan gi grunnlag for kjøp av utsleppsreduksjonar i perioden 2021–2030 kan det givast støtte på forskot. Departementet inngjekk i 2019 avtale med Global Green Growth Institute (GGGI) om slikt arbeid.

Det kan vere føremålstenleg å endre samansetjinga av porteføljen til staten. Det kan ein gjere ved å selje vidare kontraktar for enkelte prosjekt, ved å selje framtidige volum frå enkelte prosjekt, eller ved å selje kvotar i marknaden. Den slags sal kan vere ønskjeleg for å gjere tilpassingar i porteføljen, for eksempel for å få betre risikospreiing ved å kjøpe frå prosjekttypar og land som er underrepresenterte i porteføljen, eller for å tilpasse volumet til oppdaterte overslag over levering og kjøpsbehov. Det kan òg vere aktuelt å styre denne eksponeringa gjennom avleidde instrument, for eksempel bytteavtaler. Klima- og miljødepartementet ber derfor om fullmakt til å selje kvotar og å nytte salsinntekta knytt til sal av klimakvotar under statens kvotekjøpsprogram, som er rekneskapsført på kap. 4481 Sal av klimakvotar, post 01 Salsinntekter, til å betale for kvotar utover det som er løyvd, jf. forslag til romartalsvedtak III.

Ved utgangen av august 2019 forvalta Klima- og miljødepartementet avtaler om levering av til saman 54 millionar kvotar (tonn CO2-ekvivalenter). Ein reknar ikkje med å få levert avtalt volum fullt ut. Kor mykje som faktisk blir levert, er avhengig av utviklinga i det enkelte prosjektet. Forventa levering frå dei inngåtte avtalene er anslått til om lag 47 millionar kvotar, men overslaget er usikkert. I tillegg til avtaler som er inngått for levering i perioden 2013–2020 har ein overført om lag 3 millionar kvotar som ikkje vart nytta i den første Kyotoperioden (2008–2012). Ved utgangen av august 2019 stod det om lag 27 millionar kvotar på statens konto i det internasjonale kvoteregisteret.

I gjennomføringa av statens kvotekjøpsprogram er det lagt vekt på at Noreg skal overhalde sine internasjonale plikter under Kyotoprotokollen. Om lag halvparten av dei norske utsleppa av klimagassar kjem frå kvotepliktig sektor. Noreg må ta utsleppa i denne sektoren inn i utsleppsrekneskapen sin. Det er avtalt at EU og Noreg skal ha eit oppgjer seg i mellom om Kyotokvotar til bruk i Kyotorekneskapen. Det har drygt med å få ei avklaring med EU om dette oppgjeret, og vi har tatt høgde for at det har vore betydeleg uvisse om korleis oppgjeret ville slå ut for Noreg. EU har no vedtatt eigne reglar om dette oppgjeret som inneber at Noreg vil få overført ei stor mengd Kyotokvotar frå EU. Overføringa reflekterer utsleppsreduksjonar som norske kvotepliktige verksemder har gjennomført i andre europeiske land over perioden 2013–2020. Det er venta at dette oppgjersregelverket vil verte innlemma i EØS-avtalen i løpet av hausten 2019. Noreg vil med dette oppgjersregelverket ha eit lågare samla kjøpsbehov for perioden 2013–2020 enn lagt til grunn i staten sitt kjøpsprogram.

Kontraktane blir inngått etter fullmakter gitt av Stortinget. I samsvar med innarbeidd praksis ber Klima- og miljødepartementet om at fullmakta blir fornya, slik at den dekkjer framtidige skyldnadar. På denne bakgrunn ber ein om ei fullmakt på 1 200 mill. kroner for å dekkje utbetalingar som følgjer i åra etter 2020. Denne ramma vil omfatte betalingar som knyter seg til avtaler som vart inngått i tidlegare år, og som vil gi utbetalingar i 2021 og seinare år, jf. forslag til romartalsvedtak IV.

Rapport 2018

Klima- og miljødepartementet inngjekk ikkje nye avtaler om kjøp av klimakvotar i 2018 då ein rekna med at dei allereie inngåtte avtalene ville vere tilstrekkelege for å oppfylle dei norske pliktene under Kyotprotokollen. Til saman i perioden 2013–2018 har KLD inngått 17 bilaterale avtaler om levering av nær 21 millionar kvotar frå 24 prosjekt i utviklingsland.

I perioden 2013–2018 vart det òg inngått avtaler gjennom fond i Verdsbanken (Carbon Partnership Facility) og NEFCO (NEFCO Carbon Fund og Norwegian Carbon Procurement Facility). Ei meir detaljert oversikt over inngåtte avtaler ligg på www.carbonneutralnorway.no og på heimesidene til Klima- og miljødepartementet.

Post 23 Kvotekjøp, statstilsette sine flyreiser, kan overførast

Ordninga med kvotekjøp for statstilsette sine flyreiser vart innført på nytt i 2013 etter at EU sitt opplegg for kvoteplikt for fly vart innskrenka til berre å omfatte flyreiser innanfor EØS-området. Det vil derfor verte kjøpt kvotar for statstilsette sine reiser som ikkje er omfatta av kvoteplikt. På bakgrunn av at flyreiser innan EØS-området er omfatta av kvoteplikt, er omfanget av reiser det skal kjøpast kvotar for, avgrensa. Regjeringa foreslår at det vert løyvd 330 000 kroner for å dekkje kjøp av kvotar for flyreiser statstilsette gjer på strekningar som ikkje er omfatta av kvoteplikt. Kvotar som blir brukt til å dekkje statstilsette sine flyreiser, blir kjøpte gjennom statens ordinære kvotekjøpsprogram og blir internavrekna mot denne posten.

Kap. 4481 Sal av klimakvotar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Salsinntekter

7 181 722

8 288 459

Sum kap. 4481

7 181 722

8 288 459

Post 01 Salsinntekter

EUs reviderte kvotedirektiv, med underordna rettsakter, vart innlemma i EØS-avtala i juli 2012. Reglane er harmoniserte på EU-nivå og kvotar som ikkje vert tildelte gratis, skal seljast i den europeiske marknaden. Kommisjonen har fordelt mengda av kvotar som skal seljast etter ein bestemt fordelingsnøkkel. Noreg sin del av totalt salsvolum er om lag 0,75 pst.

Auksjonering av kvotar er eit sentralt element i EU ETS og frå 2013 skal sal av klimakvotar skje på ein felleseuropeisk auksjonsplattform, for tida energibørsen European Energy Exchange (EEX) i Leipzig. Prosessen med å knyte seg til auksjonsplattforma har teke svært lang tid, men den 3. juni 2019 kom Noreg endeleg i gang med salet av klimakvotane. Forseinkinga inneber at det i perioden 2013–2018 akkumulerte seg totalt 41,4 millionar kvotar som ikkje var selde. For å unngå at det akkumulerte auksjonsvolumet påverkar prisen i marknaden, vedtok Kommisjonen å spreie volumet over auksjonane i 2019 og 2020. I tillegg til delar av 2013–2018-volumet, skal også kvotemengda for 2020 seljast i 2020, til saman om lag 31 millionar kvotar. Ein har anslagsvis lagt til grunn at EUs innstrammingsreform, Market Stability Reserve (MSR), vil redusere auksjonsvolumet i 2020 med 3,1 millionar kvotar. EU- kommisjonen vil i mai 2020 publisere det endelege MSR-talet for heile 2020.

Basert på kvoteprisen i marknaden sommaren 2019 er inntekta frå sal av klimakvotane anslått til 8,288 mrd. kroner. Kvoteprisen har auka mykje det siste året, men prisane kan svinge sterkt i denne marknaden og anslaget er derfor usikkert.

Kap. 1482 Internasjonale klima- og utviklingstiltak

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Driftsutgifter

98 358

99 039

99 573

73

Klima- og skogsatsinga, kan overførast

2 865 660

3 081 543

3 081 543

Sum kap. 1482

2 964 018

3 180 582

3 181 116

Forvaltinga av Klima- og skoginitiativet har frå 1. januar 2014 vore samla i Klima- og miljødepartementet. Å samle ansvaret for satsinga i eitt departement er vurdert som meir effektivt og med klarare ansvarsforhold enn tidlegare delt organisering mellom Klima- og miljødepartementet og Utanriksdepartementet.

Post 01 Driftsutgifter

Posten omfattar driftsmidlane knytte til regjeringa sitt Klima- og skoginitiativ. Posten dekkjer alle driftskostnader til satsinga, under dette løn, administrasjon, reiseutgifter, informasjonsverksemd, evalueringar m.v. i Klima- og miljødepartementet, Utanriksdepartementet (med ambassadane) og Norad. I tillegg dekkjer løyvinga kjøp av varer og tenester knytte til drift, slik som utgreiingar, konsulenttenester, seminar og internasjonale møte m.v.

For 2020 er det foreslått ei løyving på 99,6 mill. kroner på posten. I medhald av OECD/ DACs direktiv kan visse utgifter godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA-godkjente utgifter). Heile løyvinga på kap. 1482, post 01 er godkjent som utviklingshjelp.

Klima- og skoginitiativet er eit internasjonalt nybrottsarbeid. Å drive dette arbeidet framover er krevjande, både politisk og fagleg. Tilgang til variert og høg kompetanse og kapasitet gjennom målretta bruk av eksterne fagmiljø er avgjerande for å lykkast. Dette gjeld både for å drive det globale arbeidet med løysingsutvikling og klimapolitisk konsensusbygging vidare, og for å kunne støtte partnarland sitt arbeid med å utvikle og implementere sine klima- og skogstrategiar.

Rapport 2018

Kap 1482, post 01 har blitt nytta til løns- og driftsutgifter for Klima- og skoginitiativet. Midlane dekkjer løns-, drifts- og reiseutgifter til satsinga i Klima- og miljødepartementet, Norad og ved norske utanriksstasjonar som forvaltar midlar for Klima- og skoginitiativet. Ein stor del av personellressursane i initiativet har vore nytta til å følgje opp dei bilaterale samarbeida, og internasjonale prosessar som medverkar til å nå måla om utsleppsreduksjonar frå skog i utviklingsland.

Klima- og skoginitiativet har mål om å medverke til eit effektivt klimaregime basert på klimaavtala som vart forhandla fram i Paris i 2015. Ein del av dette krev kompetanse og deltaking i prosessar som ikkje kan dekkjast av norsk forvaltning. I perioden 2015–2018 har Klima- og miljødepartementet hatt tre rammekontraktar som har dekt desse behova. Mellom anna har dei medverka til Klima- og skoginitiativets milepæl om å auke ambisjonen i det globale klimaregimet. Som ein del av dette har Klima- og skoginitiativet i 2018 arbeidd for at utslepp frå skog skal inngå i lands nasjonale bidrag (NDC) under Parisavtala, at landa skal auke ambisjonsnivået i sine NDCar, og at skog skal medverke til å nå Parisavtalas ambisiøse globale mål. Klima- og skoginitiativet har hatt tett kontakt med partnarlanda for å støtte desse nasjonale prosessane. Det har òg vore kjøpt inn konsulenttenester for å støtte innsatsen.

Klima- og skoginitiativet samarbeider med ei rekkje partnarland og organisasjonar internasjonalt. Dette inneber å delta på og arrangere internasjonale møte og konferansar, og prosessar for å etablere internasjonalt samarbeid, ofte med fleire aktørar. Midlar på posten har vore brukt til å dekkje utgifter knytte til å gjennomføre slike arrangement, medverke til konsensusbygging, utvikle analysar og løysingar m.m. Midlar har òg vore brukte til å innhente eksterne vurderingar av partnarlands framdrifts- og utsleppsrapportar. Tenestene har i hovudsak vore finansierte over driftsposten.

Post 73 Klima- og skogsatsinga, kan overførast

For 2020 er det foreslått løyvd 3 081,5 mill. kroner på posten. Som i 2019 er det i 2020 foreslått sett av 200 mill. kroner for å investere i infrastruktur for offentleg tilgjengeleg data om skogen. Klima- og skoginitiativet har sidan lanseringa i 2007 inngått ei rekkje samarbeid og partnarskap, i hovudsak med sentrale tropiske skogland med mål om å betale for verifiserte, reduserte utslepp frå skog i løpet av avtaleperioden. Utbetalingane på posten blir tilpassa budsjettramma. Noreg doblar i 2020 bidraget til Det grøne klimafondet (GCF) frå 400 mill. kroner årleg, til 800 mill. kroner årleg. I 2020 blir det sett av 100 mill. kroner på kap. 1482 post 73 til GCF. Dei resterande 700 mill. kronene blir utbetalt frå Utanriksdepartementet.

Det er fremja forslag om ein tilsegnsfullmakt på 1 650 mill. kroner på posten, sjå romartalsvedtak VI. Klima- og skoginitiativet inngår langsiktige avtaler om betaling for resultat i skoglanda. Partnarskapa til Klima- og skoginitiativet inneber fleire juridiske forpliktingar om fleirårige utbetalingar. Skyldnader blir utløyste når partnarlandet leverer resultat som avtalt i form av verifiserte utsleppsreduksjonar, eller milestolpar i reformer for betra skogforvalting og redusert avskoging. Fullmakta dekkjer òg avtaler med organisasjonar som inneber utbetalingsforpliktingar over fleire år og kontrakt om innkjøp av høgoppløyste satellittbilete som inneber økonomisk forplikting i fleire år. Av fullmakta er 400 mill. kroner knytt til den fireårige skyldnaden om bidrag til Det grøne klimafondet.

I medhald av OECD/ DACs direktiv kan visse utgifter godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA-godkjente utgifter). Heile løyvinga på kap. 1482, post 73 er godkjent som utviklingshjelp.

Mål

Hovudmål for tilskotet er at det skal medverke til at redusert og reversert tap av tropisk skog medverkar til eit stabilt klima, bevart naturmangfald og berekraftig utvikling. Under hovudmålet er det to delmål:

  • 1. å medverke til berekraftig arealforvaltning av tropisk skog i utviklingsland

  • 2. å medverke til redusert press på skogen frå globale marknadar.

Desse måla skal vere styrande for ressursbruk og prioriteringar, og vedtak om igangsetjing, vidareføring eller endring av støtte.

Tildelingskriterium

Tilskotet dekkjer tre kategoriar av tiltak: betaling for verifiserte utsleppsreduksjonar, finansiering av program- og prosjektporteføljar og fondsoppbygging. I tillegg skal tilskotet medverke til å utvikle og å spreie kunnskap som medverkar til å nå Klima- og skoginitiativet sine mål. Kriterium for utbetaling av tilskot i kvar kategori er beskrive under.

Betaling for verifiserte utsleppsreduksjonar

Det er eit hovudmål for Klima- og skoginitiativet å medverke til reduksjon av klimagassutslepp frå avskoging og degradering av skog. Kriterium for å utløyse tilskotsmidlar er verifiserte reduksjonar av klimagassutslepp frå avskoging og degradering av skog. I tråd med Stortingets føringar er det eit mål å auke delen av tilskotet som blir utbetalt for verifiserte utsleppsreduksjonar frå skog. Slike utbetalingar er avhengig av effektive og robuste system for å måle og verifisere resultat, og storleiken på utbetalinga må stå i eit rimeleg forhold til det oppnådde resultatet. Blir det ikkje levert dokumentasjon på reduserte utslepp eller auka klimagassopptak i skog, skal midlane ikkje utbetalast.

Finansiering av program- og prosjektporteføljar

For å nå målet om redusert og reversert tap av tropisk skog er det i mange land behov for førebuande innsats for å starte dei naudsynte prosessane, etablere strategiar og arenaer og støtte program for omlegging til nye forretningsmodellar og produksjonsmetodar i landbruk. Eit godt forvaltingsregime er ein føresetnad for å få resultat av satsinga og sikre framdrift i arbeidet. Klima- og skoginitiativet vil derfor føre vidare arbeidet med å styrkje gjennomføringstakten og hindre forseinkingar ved å medverke til reformer og institusjonsbygging i mottakarlanda. Dette vil òg imøtekomme forventningar og behov i mottakarlanda og styrkje moglegheitene for varig betra skogforvalting.

Styresmakter, organisasjonar, næringslivsaktørar og andre aktørar som kan medverke til reformprosessar og å nå Klima- og skoginitiativet sine mål, kan få tilskot frå posten.

Midlane skal nyttast til prosjekt eller program som fremjar institusjonsbygging, planprosessar, kartleggingsarbeid, kompetansebygging, kunnskapsutvikling eller liknande, som medverkar til at måla for tilskotsposten blir nådde. Midlar kan nyttast til tiltak som fremjar samarbeid med privat sektor og som styrkjer insentiva for privat sektor til å investere i berekraftig og avskogingsfri produksjon av råvarer. Det kan mellom anna givast tilskot til private aktørar for å direkte redusere investor sin risiko knytt til investeringar i avskogingsfri og berekraftig råvareproduksjon. Sjå romartalsvedtak knytt til posten for unnatak frå økonomireglementet i visse tilfelle.

For øyremerkte tilskot til utviklingsretta aktivitetar i regi av FN, kan opptil 1 pst. av bidraget brukast til å finansiere FNs stadlege koordinatorsystem (jf. FN-res. 72/279 vedteken i 2019).

Fondsoppbygging (multilaterale satsingar) for framtidige utbetalingar for verifiserte utsleppsreduksjonar

Varig skogbevaring i utviklingsland krev store investeringar for berekraftig utvikling. Tilgang til føreseieleg finansiering av REDD+-investeringar er dermed ein føresetnad for å nå Klima- og skoginitiativet sine mål. Det kan derfor utbetalast midlar frå posten til multilaterale satsingar for framtidig betaling for utsleppsreduksjonar, som for eksempel Forest Carbon Partnership Facility (FCPF) i Verdsbanken.

I enkelte internasjonale organisasjonar kan det vere vanskeleg for Noreg å få gjennomslag for å følgje våre reglar om utbetaling etter behov og i terminar. Primært vil dette vere i tilfelle der fondsforvaltar ønskjer ein del forskotsvise utbetalingar for å inngå juridisk forpliktande avtaler med tropiske skogland om framtidig kjøp av verifiserte utsleppsreduksjonar. Slik utbetaling krev unntak frå føresegnene i stortingsvedtak av 8. november 1984 om utbetaling av gitte tilskotsløyvingar. Sjå forslag til romartalsvedtak IX for klima- og miljødepartementet. Klima- og skoginitiativet sitt krav om at midlane skal rapporterast som bistand vil stå fast.

Fondsoppbygging skal vurderast separat for kvart enkelt tilfelle, og berre når følgjande kriterium er oppfylte:

  • Betaling for resultat. Fondsoppbygging bør avgrensast til initiativ der Noreg medverkar til å byggje opp fond med eksplisitt formål å betale for framtidige verifiserte utsleppsreduksjonar frå skog.

  • Utfall av forhandlingar. Nye unntak skal berre vurderast for initiativ der Noreg må ta omsyn til ein eller fleire andre store bidragsytarar og/eller multilaterale samarbeidspartnarar sin praksis og behov. Noreg skal i forhandlingar først ha forsøkt å få gjennomslag for at midlane blir utbetalte til fondet etter at utsleppsreduksjonane er oppnådde.

  • Forsvarleg forvalting. Det må etablerast juridiske rammeverk og styringsstruktur knytte til fonda som sikrar god forvalting av midlane. Dersom midlane er forvalta i felles fond med fleire bidragsytarar skal Noreg forsøke å etablere felles forvaltingskrav som sikrar effektiv forvalting.

Utvikle og spreie kunnskap om Klima- og skoginitiativet sine mål

Global oppslutning er eit premiss for å nå måla til Klima- og skoginitiativet. For å medverke til dette blir det støtta tiltak for å utvikle og spreie kunnskap som er relevant for Klima- og skoginitiativet sine målsetjingar som beskrivne over. Det kan søkjast om tilskotsmidlar til kunnskapsformidling retta mot endringsaktørar og premissleverandørar globalt eller nasjonalt, mot marknadsaktørar og mot befolkning i skogland, givarland eller globalt. Tiltak med mål om å formidle kunnskap kan få tilskot. Opplæring og kunnskapsproduksjon kan inngå som ein del av prosjektet.

Oppfølging og kontroll

For kvar utbetaling skal det rapporterast på oppnådde resultat i samsvar med dei inngåtte avtalene og måla til tilskotet. Tilskotsmottakarar skal ha sikringsmekanismar mot korrupsjon og negative sosiale og økonomiske konsekvensar.

Betaling for verifiserte utsleppsreduksjonar skjer etterskotsvis. Utbetalingane vil skje til fond, der fondsforvaltar er tilskotsmottakar. I visse høve vil det vere ønskeleg å betale ein viss del vidare frå fondet på forskot, mellom anna ved deltaking i fond under Verdsbanken. Ved delegert samarbeid om betaling for verifiserte utsleppsreduksjonar, kan forvaltinga delegerast til ein annan donor. Klima- og miljødepartementets oppfølging av midlane blir då teken vare på gjennom avtala mellom Noreg og den forvaltninga er delegert til. Ein eksempel på eit slikt delegert samarbeid er REM-samarbeidet med det tyske KfW. For tilskot til FN-organisasjonar skal den enkelte organisasjons regelverk leggjast til grunn for oppfølgings- og kontrolltiltak.

Avtaler om utbetalingar til fond bør gi høve til kontroll og tilbakebetaling av tilskotet innanfor eit rimeleg tidsrom dersom det ikkje er forvalta i tråd med intensjonen. Ved utbetalingar til fond må det avtalast at fondet berre kan bruke norske midlar på tiltak som er godkjente som offisiell bistand (ODA). I tillegg skal avtalene fastslå at tilskotsmottakarar skal ha sikringsmekanismar mot korrupsjon og negative sosiale og økonomiske konsekvensar i deira vidare utbetalingar til ODA-godkjente aktivitetar, og at det blir rapportert på oppnådde resultat. Avtalene skal vidare medverke til Klima- og skoginitiativet sine mål om reduserte klimagassutslepp, biologisk mangfald og berekraftig utvikling.

Rapport 2018

Meir informasjon om heile innsatsen under Klima- og skoginitiativet finst på www.regjeringen.no. Dette erstattar ein trykt resultatrapport om innsatsen, slike som vart publiserte i 2015 og 2016. Rapporteringa under visar til det tidlegare resultatrammeverket til Klima- og skoginitiativet. Sjå boks 7.4 i Prop. 1 S (2018–2019) for mål og milestolpar for rapporteringsperioden.

Brasil

Om lag 30 pst. av verdas attverande regnskog finst i Brasil, som dermed er verdas største tropiske skogland. I brasiliansk Amazonas lever over 25 millionar menneske. Mange lokalsamfunn, spesielt urfolk, er avhengig av skogen for å overleve. Skogen er òg viktig for pollinering og vasskvalitet i regionen, og avgjerande for verda sitt klima, biologisk mangfald og nedbørsmønster. I 2008 lova Noreg å medverke med inntil 1 mrd. US dollar til Amazonasfondet, dersom Brasil kunne vise til verifisert redusert avskoging i brasiliansk Amazonas. I samarbeidsperioden frå 2008 til 2018 har Brasil redusert utsleppa med om lag 3,870 milliardar tonn CO2, samanlikna med tiåret før. Dette svarar til om lag 70 år med norske utslepp. Noreg har betalt for over 240 millionar av desse tonna, som svarar til meir enn fire års norske utslepp.

I 2015 leverte Brasil eit svært ambisiøst klimamål til FNs klimakonvensjon, der landet forpliktar seg til å redusere utslepp av klimagassar med ytterlegare 43 pst. mellom 2020 og 2030. Under klimatoppmøtet i Paris annonserte Brasil og Noreg på dette grunnlaget ei forlenging av skogsamarbeidet for perioden 2016–2020.

Brasil har vore i ei politisk og økonomisk krise sidan 2014. Dette har mellom anna resultert i reduserte budsjett til kontrolltiltak mot ulovleg hogst og beskyttelse av verna skog og urfolksterritorium. Dette førte til ein auke i avskoginga i 2015 og 2016. Etter to år med auke klarte brasilianske myndigheiter å redusere avskoginga i 2017 gjennom ulike tiltak. Ei medverkande årsak var auke i budsjettet til aktivitetar relatert til overvaking- og kontrolltiltak, inkludert ekstraordinær støtte frå Amazonasfondet til miljøpolitiet Ibama.

Den reduserte avskoginga i skogåret 2017 danna grunnlag for Noregs utbetaling på 600 mill. kroner til Amazonasfondet i 2018. Betalinga representerer ein auke frå føregåande år, i tråd med avtala med Brasil. Noregs bidrag på 600 mill. kroner utgjorde betaling for om lag 25 pst. av utsleppsreduksjonane Brasil leverte i 2017. Dette er nest høgaste del til no. Samtidig er det absolutte beløpet det nest lågaste fordi avskoginga framleis var høgare enn i perioden 2011–2015. Avtala mellom Noreg og Brasil krev stadig større reduksjonar i avskoginga for å kvalifisere til utbetaling.

Noreg betalte for om lag 14 millionar tonn reduserte CO2-utslepp frå skog i 2017. Avskoginga i skogåret 2017 var på 6 947 kvadratkilometer, som er ein reduksjon på 12 pst. samanlikna med året før. I skogåret 2017 var avskoginga 64 pst. lågare enn i tiåret før landet sette i gang store skogreformer i 2004, og 46 pst. lågare enn då klima- og skogsamarbeidet med Noreg vart innleia i 2008. Avskoginga i Brasils Amazonas er framleis låg i eit historisk perspektiv, men også ei betydeleg utsleppskjelde.

Med nedgangen i skogåret 2017 leverte Brasil på Klima- og skogsatsinga sitt viktigaste overordna mål om gjennomførte utsleppsreduksjonar frå skog. Brasil offentleggjorde likevel i slutten av 2018 dei foreløpige, uverifiserte avskogingstala for skogåret 2018. Tala viser ei avskoging på 7 536 kvadratkilometer. Dette er ein auke på 8 pst. samanlikna med fjoråret. Samtidig har dei politiske forholda for skogsamarbeidet i Brasil endra seg drastisk med innsetjinga av Jair Bolsonaro som president 1. januar 2019. Klima- og skoginitiativet følgjer dette svært tett og vurderer situasjonen fortløpande.

Brasil har gjennom samarbeidsperioden hatt eit godt utvikla system for måling, rapportering og verifisering av klimagassutslepp frå skog (MRV) i Amazonas-biomen. Noreg har lenge hatt dialog med Brasil om å utvide systemet til å dekkje heile landet, særleg den brasilianske savannen, Cerrado. Avskoginga i den brasilianske savanneskogen Cerrado låg vesentleg høgare enn i Amazonas i tiårsperioden fram til 2016. Deretter har avskoginga i Cerrado falle dei siste tre åra. Ifølgje det brasilianske departementet for vitskap og teknologi (INPE) forsvann 6 657 kvadratkilometer skog frå Cerrado i 2018, ned frå 7 474 kvadratkilometer i 2017. Reduksjonen i avskoginga i Cerrado er eit tilleggsbidrag til målet om gjennomførte utsleppsreduksjonar frå skog.

Noreg har i 2018 styrkt innsatsen for å sikre berekraftig utvikling i urfolksområde i Amazonas gjennom støtte til urfolksorganisasjonar og frivillige organisasjonar som støttar urfolk. Dette har skjedd gjennom direkte og indirekte støtte til over 40 urfolksorganisasjonar og styrking av deira institusjonelle kapasitet. Dette medverkar til betre styresett i skog- og arealforvaltninga, og vil setje organisasjonane i stand til å på sikt kunne ta imot direkte støtte frå Amazonasfondet og andre finansieringskjelder.

Fram til 2018 har Amazonasfondet samla utbetalt meir enn 2,2 mrd. kroner til støttemottakarar. Til å forvalte dei rundt 100 prosjekta som Amazonasfondet støttar, har fondet inngått samarbeidsavtaler med eit breitt spekter av myndigheitsinstitusjonar, universitet og forskingsinstitusjonar, frivillige organisasjonar og urfolksgrupper. Fondet heldt i 2018 fram med arbeidet frå 2017 med å utvikle modellar for korleis fondet kan støtte tradisjonelle lokalsamfunn som ikkje har tilgang på lån, gjennom ei form for risikoavlastningskapital i samarbeid med investorar. Dette vil kunne styrkje fondet sitt arbeid med privat sektor.

Utan ein landbruksøkonomi som legg til rette for private investeringar i avskogingsfrie forsyningskjeder vil det truleg bli vanskeleg å nå Brasils klimamål. Noreg førte vidare og styrkte i 2018 satsinga på meir direkte kontakt med enkelte delstatar og private aktørar om utvikling av grøn økonomi, og fremja dei norskstøtta initiativa som vektlegg privat-offentleg samarbeid. Eit av desse er det globale initiativet Tropical Forest Alliance (TFA). TFA støttar selskap som har lova å fjerne tropisk avskoging knytt til viktige globale råvarer, deriblant soya og kjøtt. TFA er saman med det nederlandske berekraft-initiativet IDH særleg aktive i delstaten Mato Grosso. Noreg støttar implementering av delstaten sin berekraftstrategi Produce, Conserve, Include (PCI) gjennom IDH og TFA, som klarte å halde fram med arbeidet gjennom valkampåret 2018, ein periode der arbeidet med berekraftig skogforvaltning generelt vart nedprioritert i Brasil.

Kontakt med relevante landbruksorganisasjonar heldt fram gjennom 2018. Med skiftet i retorikken om skogforvaltning og urfolksspørsmål i Brasil, såg ein aukande polarisering omkring landbruksspørsmål, som i politikken generelt.

Ca. 1/3 av Amazonasskogen er privat eigd og landeigarar har ofte lovleg rett til å avskoge. I 2018 heldt Noreg fram med å støtte organisasjonen IPAMs pilotprosjekt i Mato Grosso, som har jobba med å utvikle ein ny mekanisme som premierar jordeigarar som vel å unngå avskoging på sine landareal, også når dei har juridisk rett til å ta ut regnskog. Prosjektet vart i løpet av 2018 fullført og avslutta.

I samband med skogkonferansen Oslo Tropical forest Forum i juni 2018 arrangerte Noreg, saman med Amazonasfondet, ei eiga tiårsmarkering for fondet der hovudformålet var å kommunisere resultat av ti år med samarbeid.

I 2018 betalte Noreg ut 600 mill. kroner til Brasils Amazonasfond. Det vart vidare utbetalt 4,6 mill. kroner til det tyske bistandsorganet GIZ (Deutche Gesellshaft für Internationale Zusammenarbeit) for å gi teknisk støtte til Amazonasfondet.

Indonesia

Indonesia er eitt av verdas største og mest folkerike land og eit ungt demokrati. Indonesia rommar verdas tredje største tropiske regnskog, med eit enormt naturmangfald. På Indonesias 17 000 øyar bur 260 millionar menneske. Ein stor del er fattige. Om lag 60 millionar er urfolk og lokalsamfunn som er avhengig av skogen for sitt livsutkomme.

Avskoging og øydelegging av karbonrik torvmyr er hovudårsak til svært høge årlege utslepp. Dei årlege utsleppa er i fleire år berekna til å ligge over 200 millionar tonn CO2. Dette har gjort Indonesia til eitt av landa i verda med høgast klimagassutslepp. Årsakar til avskoginga er blant anna etablering av plantasjar for produksjon av palmeolje eller papirmasse, gruvedrift, tømmerhogst og skogbrannar. Torvmyrer blir drenerte for å konvertere desse områda til landbruksformål. Korrupsjon og svakt styresett kombinert med sterk etterspørsel etter palmeolje og andre råvarer er viktige underliggjande årsaker.

Noreg inngjekk i 2010 eit klima- og skogpartnarskap med Indonesia for å støtte landets innsats for å redusere klimagassutslepp frå avskoging, skogdegradering og øydelegging av torvmyr. Noreg har lova Indonesia inntil 1 mrd. US dollar, under føresetnad av at Indonesia oppnår resultat på desse områda. Indonesia har levert på politiske milestolpar i partnarskapsperioden, men det har vore store utfordringar med framdrifta i arbeidet, og landet har foreløpig ikkje levert verifiserte utsleppsreduksjonar. Derfor har utbetalingane frå Noreg vore avgrensa til arbeidet med institusjons- og kapasitetsbygging. Internasjonale kjelder viste ein betydeleg nedgang i avskoginga for 2017, og mot slutten av 2018 var det derfor ny framdrift i samarbeidet for å komme til einighet om dei attståande elementa i eit system for resultatbasert utbetaling. Dette resultatet bidreg til å nå Klima- og skoginitiativets overordna mål i 2018 om kostnadseffektive, tidlege og målbare reduksjonar i utslepp av klimagassar frå avskoging og degradering av skog i utviklingsland. Endeleg tal vil bli verifisert i løpet av 2019, og Noreg vil kunne betale for ein del av dette resultatet. Fondsmekanismen som skal ta imot dei resultatbaserte utbetalingane er under utarbeiding i regi av indonesiske myndigheiter.

Det norskstøtta fleirgivarfondet Forest Carbon Partnership Facility (FCPF) som er drive av Verdsbanken hadde god framdrift i provinsen Aust-Kalimantan. Indonesia leverte i 2018 inn sitt Emission Reduction Program Document til styrebehandling i FCPFs styre. Dette betyr at Indonesia også rykkjer nærare å realisere betalingar for utsleppsreduksjonar på sub-nasjonalt nivå.

Klima- og skoginitiativet har i 2018 intensivert støtta til skogrike provinsar med eigne planar om skogbevaring og grøn utvikling. I tett samarbeid med andre givarar, spesielt Storbritannia, har Noreg støtta myndigheitene i provinsane Vest-Papua og Papua gjennom strategiske partnarskap med sivilsamfunnsorganisasjonar og deltaking på ein stor konferanse om biodiversitet. I tett samarbeid med Indonesia vart det på sidelinja av Oslo Tropical Forest Forum i juni halde eit eige arrangement for å styrkje utviklinga av grøn økonomi og skogbevaring i dei mest skogrike provinsane. Dette strategiske arbeidet medverkar til Klima- og skoginitiativets mål i 2018 om å ivareta naturskog for å sikre denne skogen si evne til å binde karbon og til sikringsmekanismar for å ta vare på naturskog og biologisk mangfald.

I september 2018 signerte president Joko Widodo eit moratorium som forbyr ekspansjon og nyetablering av plantasjar for palmeolje. Dette er eit viktig resultat av langvarig arbeid frå indonesisk og internasjonalt sivilsamfunn, støtta av Noreg og andre bidragsytarar. Palmeolje er ein stor drivar av klimagassutslepp frå skog og torvmyr i Indonesia, men også ei viktig inntektskjelde for mange indonesiarar. Eit strengare regelverk skaper ein felles standard for etterleving både for selskapa som allereie har forplikta seg til null avskoging og for dei som ikkje har gjort det. Noreg har søkt å vere ein konstruktiv partnar for myndigheitene i å redusere avskogingsfaren ved palmeoljeproduksjon og samtidig fremje berekraftig produksjon i distrikt som ønskjer å bli avskogingsfrie. Dette blir mellom anna gjort gjennom støtte til forsking på produktivitetsgapet i oljepalmeproduksjonen og ved konfliktreduserande tiltak for lokalsamfunn som bur rett ved plantasjar. Desse tiltaka medverkar til Klima- og skoginitiativets overordna mål i 2018 om å bidra til berekraftig utvikling samt til å nå målsettingane om betre styresett i skog- og arealforvaltning og privat sektor arbeider mot avskoging.

Noreg trappa i 2018 opp arbeidet mot skogkriminalitet, og Indonesia er eit av hovudsatsingslanda for denne innsatsen. Målet er å medverke til betre system for lovhandheving i skogsektoren og dermed betre styresett for skog- og arealforvaltning. Avdeling for lovhandheving i det indonesiske Miljø- og skogbruksdepartementet og Antikorrupsjonskommisjonen har begge auka innsatsen mot ulovleg hogst, spesielt i dei skogrike provinsane aust i landet. Det vart rulla opp fleire store saker med eksport av ulovleg tømmer frå desse provinsene i 2018. Noreg yter også betydeleg bistand til internasjonalt og indonesisk sivilsamfunn i arbeidet mot skogkriminalitet. Dette medverkar til å nå målsetjinga i 2018 om betre styresett i skog- og arealforvaltning. Urfolks rolle har blitt løfta i samarbeidet med dei to Papua-provinsane, i dialog med andre provinsar og, etter påtrykk frå Noreg og andre givarar, i utsleppsreduksjonsprogrammet provinsen Aust-Kalimantan la fram for Verdsbankens karbonfondprogram. Dialogen med interesseorganisasjonen for indonesiske palmeoljeprodusentar om korleis selskapa og partnarar av Klima- og skoginitiativet kan medverke til å betre situasjonen for urfolksgrupper i Indonesia har også blitt følgt opp. Dette arbeidet medverkar til å nå målsetjinga i 2018 om betre styresett i skog- og arealforvaltning og til å styrkje arbeidet for at sosiale sikringsmekanismar blir respekterte i gjennomføringa av arbeidet for å få ned utslepp og bevare naturskog og torvmyr i Indonesia.

Stortingets energi- og miljøkomité besøkte Indonesia i september 2018. Besøket la opp til å vise fram resultat av, og utfordringar for, klima- og skogsamarbeidet i Indonesia for norske avgjerdstakarar.

Det vart utbetalt 120 mill. kroner til klima- og skogpartnarskapen med Indonesia i 2018. Det meste av dette gjekk til å støtte opp under myndigheitene sitt arbeid for å beskytte torvmyra.

Colombia

Med over halvparten av sitt landområde dekt av skog, er Colombia eit av verdas viktigaste regnskogland. Colombias skogar dekkjer oppimot 600 000 kvadratkilometer, om lag det dobbelte av Noregs landareal. Amazonas-bassenget utgjer omkring to tredelar av skogen. Colombia har eit heilt unikt naturmangfald, berre slått av Brasil, og er på verdstoppen i flest fuglearter og ferskvassfisk. Omtrent halvparten av Colombias skogar ligg i territorium som tilhøyrer urfolk og den afrocolombianske befolkninga. Nærare 60 pst. av Colombias klimagassutslepp stammar frå avskoging og frå landbrukssektoren.

På klimatoppmøtet i Paris i 2015 inngjekk Noreg ein klima- og skogavtale med Colombia saman med Storbritannia og Tyskland. Etter avtala vil Noreg betale opptil 1,8 mrd. kroner totalt for perioden fram til og med 2020, av dette vil minimum 1,5 mrd. kroner berre bli utbetalt for verifiserte utsleppsreduksjonar frå skog. Opptil 300 mill. kroner vil kunne utbetalast for resultat når det gjeld reformer og institusjonsbygging som er nødvendige for å redusere avskoginga. Slike midlar blir utbetalte til det nasjonale freds- og berekraftsfondet Colombia Sostenible (administrert av den interamerikanske utviklingsbanken IDB), sjå omtale under rapportering for 2017 i Prop. 1 S (2018–2019).

Noreg hadde innan utgangen av 2018 betalt i alt 238 mill. kroner til Colombia for oppnådde utsleppsreduksjonar frå avskoging i colombiansk Amazonas gjennom REDD Early Movers-samarbeidet, som er forvalta av den tyske utviklingsbanken (KfW). Utbetalinga gjeld ein del av Colombias reduserte avskoging i Amazonas i perioden 2013–2015, som til saman gav utsleppsreduksjonar berekna til 34,2 mill. tonn CO2.

Utsleppa frå skog har gått betydeleg ned dei siste åra samanlikna med perioden 1990–2010. Men etter fleire år med nedgang gjekk avskoginga i Colombia både i 2016 og i 2017 betrakteleg opp. Den auka avskoginga var knytt til endra dynamikkar som følgje av fredsprosessen og skuldast i stor grad at område som tidegare var utilgjengelege som følgje av konflikten og FARCs kontroll no blir tekne i bruk, i hovudsak ulovleg. Ein ser ein auke i ulovleg overtaking av jord, fedrift, kokaproduksjon og ulovleg tømmerhogst. Til trass for auken er avskoginga lågare enn den var i perioden 1990–2010. Tal for 2018 viser ein nedgang i avskoginga på 10 pst. samanlikna med 2017, og kan tyde på at ein har makta å reversere den negative utviklinga sidan 2015. Avskoginga går ned i fire av landets fem regionar, inkludert i Amazonasbiomet.

I møte med den auka avskoginga har colombianske styresmakter trappa opp innsatsen i regionane for å stanse ulovleg hogst og verne nye område. Samtidig har det vore viktig framgang nasjonalt i utvikling og gjennomføring av reformer for berekraftig skog- og arealbruk. Eit av dei mest banebrytande tiltaka i 2018 var eit dekret for stans i utviding av landbruksgrensa. Dette dekretet medfører at alle område som har vore avskoga etter 2010 ikkje kan brukast til landbruksformål, men skal restaurerast og dermed hindre ytterlegare ekspansjon av landbruket inn i skogen. Dette vil leggje viktig grunnlag for å ta vare på skogen framover. Vidare lanserte Colombia i 2018 ein nasjonal offentleg-privat allianse for avskogingsfrie forsyningskjeder (som del av Tropical Forest Alliance 2020) der både nasjonale og internasjonale selskap inngår. Eit viktig dekret vart godkjent for å gi urfolka utvida autonomi over sine territorium i Amazonas. Viktig framgang er i tillegg gjort innanfor måling og overvaking, og for å få fram analysar av årsakene bak avskoging og skogdegradering. Det har i tillegg lykkast å utarbeide strategiar for berekraftig produksjon for lokalbefolkninga som bur i eller i nærleiken av nasjonalparkane. Colombia har etablert kredittordningar som tilgodeser småbønder som vil produsere og samtidig ta vare på skogen.

I november 2018 leverte Colombia sitt andre samandrag på sosiale og miljømessige sikringsmekanismar til klimakonvensjonen. Samandraget handlar om korleis Colombia har følgt opp og respektert sikringsmekanismane i Amazonasregionen, der det sub-nasjonale programmet for REDD+ er under implementering.

I april 2018 vart det bilaterale klima- og skogsamarbeidet forlenga fram til 2025 i den såkalla Leticia-erklæringa. Erklæringa støttar opp under Colombias målsetjing om å stanse tap av naturskog innan 2030 og har ei årleg ramme på opptil 400 mill. kroner som betaling for oppnådde utsleppsreduksjonar frå redusert avskoging nasjonalt fram til 2025.

Noreg utbetalte til saman 67,2 mill. kroner til Colombia i 2018, av dette 52,7 mill. kroner for verifiserte tonn utsleppsreduksjonar.

Peru

Peru er verdas fjerde største regnskogland med 690 000 kvadratkilometer tropisk regnskog. Samanlikna med andre land i regionen har Peru hatt låg avskoging, men den har auka dei siste åra samanlikna med starten av 2000-talet. 2017-tala, som blei rapporterte i 2018, viste igjen ein reduksjon i avskoginga på 5 pst. samanlikna med 2016; frå 1640 kvadratkilometer til 1550 kvadratkilometer. Avskoginga for 2017 ligg framleis over siste ti års historiske gjennomsnitt for avskoging for perioden 2007–2016, som var på 1420 kvadratkilometer.

I gjennomsnitt slepp Peru årleg ut i overkant av 53 millionar tonn CO2 som eit direkte resultat av avskoginga. Det er om lag like mykje som Noregs årlege klimagassutslepp. Avskoginga skuldast landbruk, ulovleg gullgraving og vegbygging. I tillegg kjem utslepp som følgje av degradering av skog. Ein viktig del av degraderinga skuldast ulovleg, ikkje-berekraftig hogst. Om lag halvparten av Perus nasjonale klimagassutslepp kjem frå arealbruksendringar og då særleg avskoging.

Gjennom avtala som Peru, Tyskland og Noreg signerte i 2014 sette Peru seg mål om betydelege utsleppsreduksjonar frå avskoging og skogdegradering. Noreg lova å betale opptil 1,8 mrd. kroner innan 2020 dersom Peru leverer på sin del av avtala. Av midlane er 1,5 mrd. kroner reservert betaling for verifiserte utsleppsreduksjonar.

Etter mange år med forseinkingar i klima- og skogsamarbeidet, har det vore viktig framgang i 2018. Peru lanserte i november 2018 ein handlingsplan for felleserklæringa med Noreg og Tyskland. Denne handlingsplanen er utarbeidd med fleire sektorar, blant anna landbruksdepartementet og kulturdepartementet (urfolksspørsmål), og vil bidra til å oppfylle viktige milepælar i felleserklæringa som bl.a. auka innsats knytt til lovhandheving, arealplanlegging, titulering av urfolksland og fremje av avskogingsfrie forsyningskjeder.

I 2018 vart eit område på 20 000 kvadratkilometer inkludert i Perus program for skogvern – eit nasjonalt program for betaling for økosystemtenester, der urfolk tek imot betaling for å ta vare på skogen i sine område. Peru har i løpet av perioden auka skogarealet under ulike kategoriar for verneregime til tilsaman 33 600 kvadratkilometer. Blant anna oppretta Peru i 2018 to nasjonalparkar på høvesvis 13 500 kvadratkilometer (Sierra del Divisor) og 8 000 kvadratkilometer (Yaguas) og sikra urfolkssamfunn juridisk eigedomsrett til eit område på 10 000 kvadratkilometer. Skogarealplanar er dessutan under utvikling og gjennom felleserklæringa var San Martin i 2018 første delstat som fullførte ein arealplan for skogen i sitt fylke – på over 45 000 kvadratkilometer.

Ein sentral milepæl i samarbeidet er å stanse konvertering av permanent og verneverdig skog til landbruksland. I 2018 har peruanske styresmakter, i tillegg til å foreta normative forbetringar og reguleringar, styrkt kontrollpostar mot avskoging og ulovleg hogst, styrkt regelverk og sanksjonar som skal heve lista for å gjere lovbrot, og drive opplysningsarbeid i regionane om den nasjonale skoglovgivinga og implikasjonar den har.

Peru har eit godt system for å måle og rapportere utslepp frå skog. Referansenivået for Amazonasbiomet, som utgjer meir enn 90 pst. av all skog i Peru, vart levert til FNs klimakonvensjon i 2016. Avskogingstala er lett tilgjengelege på plattforma GeoBosque, og viser avskoging heilt ned på kommunenivå. Perus tidleg-varslingssystem for skog er òg kopla opp mot denne plattforma. Denne informasjonen medverkar til stadig meir kunnskap om avskogingsmønster i Amazonas og kan gjere arbeidet med kontroll og handheving meir effektivt.

Til saman utbetalte Noreg 87 mill. kroner til Peru i 2018.

Kongobassenget

I Kongobassenget finst verdas nest største regnskog, etter Amazonas. Kongobassenget omfattar Den demokratiske republikken Kongo (DRK), Republikken Kongo, Kamerun, Gabon, Ekvatorial-Guinea og Den sentral-afrikanske republikken.

Skogen i Kongobassenget dekkjer eit område på langt over 3 mill. kvadratkilometer, når både tropisk regnskog og savanneskog er inkludert. DRK har 60 pst. av skogen i Kongobassenget og er verdas nest største skogland etter Brasil. Ny forsking har avdekt ei samanhengande torvmyr på 145 500 kvadratkilometer i grenseområdet mellom DRK og Republikken Kongo. Dette utgjer bortimot 30 pst. av verdas tropiske torvmyr.

Skogen i Kongobassenget er på same tid viktig for nedbørsmønster, og dermed også for busetnad og matproduksjon, i store delar av Afrika.

Avskoginga i Kongobassenget har historisk vore relativt låg, men er no sterkt aukande. Avskoginga er størst i DRK. Årleg avskoging i DRK var på heile 17 000 kvadratkilometer i perioden 2010–2014. Det betyr at eit samla skogareal tilsvarande det totale landarealet til Nederland og Belgia har forsvunne i denne fireårsperioden.

Svedjejordbruk er den viktigaste årsaka til avskoging i DRK, etterfølgt av produksjon av trekol rundt dei største byane. Sterk folkevekst og fattigdom er viktigaste underliggjande årsaker. I følgje oppdaterte prognosar frå FN vil DRK få den tredje største befolkningsveksten i verda (i millionar) etter India og Nigeria fram mot 2050 og bli verdas 5. mest folkerike land i 2100. Situasjonen i Kamerun har mange fellestrekk med DRK, medan Gabon, Republikken Kongo og Den sentral-afrikanske republikken har langt lågare befolkningspress og relativt låg avskoging. Ein større del av CO2-utsleppa i desse landa er forårsaka av skogdegradering gjennom meir spreidd hogst.

Landa i regionen har store utfordringar. Mange lever i fattigdom, styresettet er svakt og offentlege institusjonar manglar kapasitet. I tillegg er enkelte av landa ramma av konflikt.

I 2018 støtta Noreg fleirgjevarfondet Central African Forest Initiative (CAFI) med totalt 400 mill. kroner. Støtte gjennom Congo Basin Forest Fund (CBFF), og USAID-programmet CARPE har blitt avvikla.

Central African Forest Initiative (CAFI)

CAFI er eit regionalt fleirgivarinitiativ med sju givarland og alle dei seks skoglanda i Kongobassenget.

Etter lanseringa i 2015, inngjekk Noreg ei avtale om inntil 2 080 mill. kroner i støtte til CAFI fram til 2020. I april 2016 vart ei intensjonsavtale inngått mellom CAFI og DRK om samla støtte på inntil 1,5 mrd. kroner til implementering av ein investeringsplan mot avskoging. Midlane blir kanaliserte gjennom landet sitt nasjonale REDD+ fond (FONAREDD). Ein del av midlane blir først utbetalt etter ein uavhengig midtvegsgjennomgang av 41 ulike målsetjingar nedfelt i intensjonsavtala. Konklusjonen frå denne evalueringa kjem hausten 2019. Både CAFI-fondet og FONAREDD er forvalta av FN. Fondet er eit viktig instrument for å fremje tverrsektorielt samarbeid innanfor skog- og arealbruk og medverkar til dokumentert samarbeid på tvers av aktørar og sektorar. Ved utgangen av 2018 hadde FONAREDD lansert 15 programutlysingar, og styret i fondet hadde godkjent totalt 12 program med CAFI-finansiering.

CAFIs programportefølje i DRK er framleis under utvikling og i ein tidleg implementeringsfase. Etableringa av programporteføljen har teke lengre tid enn først forventa. Dette har samanheng med fleire regjeringsskifte sidan signeringa av intensjonsavtala og tidvis tunge prosedyrar hos implementerande partnarar, delvis som følgje av høgt risikonivå i landet. Enkelte program har likevel levert viktige resultat i 2018. DRK leverte sitt nasjonale referansenivå under Klimakonvensjonen i 2018. Dette arbeidet medverkar til Klima- og skoginitiativet sin milepæl i 2018 betre systemer for måling, rapportering og verifisering av utslepp frå skog. Arbeidet er del av ein større innsats for å etablere eit nasjonalt skogovervakingssystem, som er eit av kriteria i Warszawa-rammeverket for REDD+.

Vidare har CAFI-finansieringa medverka til kompetanse- og kapasitetsutvikling i arealplanleggingsdepartementet og landrettigheitsdepartementet. DRKs arealplanleggingsdepartement er blitt styrkt med ei tverrsektoriell ekspertgruppe beståande av 10 personar som medverkar med kartlegging og samanstilling av eksisterande dokumentasjon på arealbruk frå aktuelle departement, sivilt samfunn, privat sektor og andre relevante aktørar. Dokumentbasen vil bli nytta som grunnlag for det vidare arbeidet med å utarbeide ein nasjonalt politikk for arealplanlegging og deretter ein nasjonal arealplan. For arealplanleggingsarbeidet på desentralisert nivå er det vidare utvikla ein harmonisert metodeguide for deltakande arealplanlegging på lokalt nivå som blant anna skal nyttast i integrerte provinsprogram. Dette arbeidet vil på sikt medverke til milepælen effektiv gjennomføring av ny policy for berekraftig skog- og arealbruk i Klima- og skoginitiativets resultatrammeverk for 2018.

Den nasjonale kommisjonen for landreform, CONAREF, vart i løpet av rapporteringsperioden operasjonell og leier det pågåande arbeidet med den nasjonale landreforma. Hausten 2018 vart eit første utkast til ein nasjonal politikk for landrettar presentert og debattert på ein nasjonal konferanse med brei deltaking og høg politisk deltaking. Det vart under konferansen etablert ei rekkje prinsipp som vil vere retningsgivande for det vidare reformarbeidet og lokalsamfunns, urfolks og kvinners rettar er særleg framheva i desse prinsippa. Prosessen knytt til politikkutviklinga er i tråd med føringane i intensjonsavtala mellom DRK og CAFI: inkluderande med deltaking frå urfolk og sivilsamfunn.

I 2017 inngjekk CAFI ein intensjonsavtale med Gabon med ei ramme på 150 mill. kroner. Gabon har heile 88 pst. skogdekke, og har sett seg svært ambisiøse mål for skogsektoren. Midlane frå CAFI skal støtte arbeidet med arealplanlegging og skogovervaking gjennom eit program implementert av det franske statlege utviklingsbyrået AFD. Som i DRK føreset intensjonsavtala med Gabon at støtta i Fase 2 (halvparten av støttebeløpet) blir utbetalt etter ein uavhengig midtvegsgjennomgang som vurderer måloppnåing i høve til kriteria i avtala. AFD-programmet vart utvikla i løpet av 2018, og godkjent i mars 2019.

I tillegg til DRK og Gabon har Republikken Kongo, Ekvatorial Guinea, Kamerun og Den sentralafrikanske republikk fått mindre tilskot frå CAFI til å utarbeide nasjonale investeringsplanar for REDD+. Republikken Kongo har komme lengst i dette arbeidet, og CAFI gjorde i 2018 vedtak om å starta forhandlingar om ei intensjonsavtale.

I november 2017 overtok Frankrike leiinga i CAFI. Noreg er framleis klart største givar til CAFI-fondet, men dei andre givarane har i motsetning til Noreg store bilaterale bistandsprogram i regionen som i aukande grad blir samstemte med CAFIs innsats. Interessa for CAFI som koordinerande organ for givarane sin innsats er aukande. I det nye partnarskapet med Republikken Kongo har dei andre gjevarane teke større finansielt ansvar, og Noreg medverkar med om lag ei tredel. Alt i alt har det vore ei svært positiv utvikling i samarbeidet mellom givarane i CAFI.

Arbeidet i denne regionen er vanskeleg og risikofylt. Det skuldast både det komplekse drivarbildet med småskala svedjejordbruk, trekolproduksjon, fattigdom og folkevekst som drivarar i DRK, det definitivt største skoglandet i regionen, og at regionen er prega av styresettutfordringar og store kapasitetsutfordringar. I tillegg er den politiske situasjonen i DRK svært utfordrande. Arbeidet krev tett oppfølging av CAFIs samarbeidspartnarar som implementerer programma. Totalt vart det utbetalt 400 mill. kroner til CAFI i 2018.

Liberia

Det samla skogarealet i Liberia er på storleik med Danmark og utgjer omtrent 50 pst. av den attverande vestafrikanske regnskogen. Bevaring av desse skogane vil vere avgjerande for Liberias høve til effektivt landbruk, tilgang til konstruksjonsvirke, energi og eksportinntekter. Samtidig har skogane eit svært rikt naturmangfald med mange unike arter. Bevaring og god forvaltning av skogane vil gi store klimagevinstar. Til trass for store naturressursar, er Liberia eit av verdas fattigaste land.

I 2014 inngjekk Noreg og Liberia ei avtale om støtte til bevaring av Liberias tropiske skog. Støtta skal medverke til kamp mot fattigdom gjennom grøn vekst, redusert avskoging og mindre utslepp av klimagassar. Noreg har lova å betale Liberia opp til 1 mrd. kroner, avhengig av resultata landet oppnår.

Liberia har store utfordringar med fattigdom, infrastruktur og offentleg forvalting. Akutte sosiale og økonomiske behov gjer det vanskeleg for myndigheitene å prioritere ressursar til langsiktig skogforvalting. Til trass for den krevjande situasjonen har Liberia teke ei rekkje grep for å få kontroll over den industrielle tømmerhogsten og for å styrkje skogforvaltinga. Myndigheitene har stansa tildelinga av industrielle hogstkonsesjonar. Dei arbeider og med å sikre at tømmer blir hogd lovleg og ansvarleg. Dette er knytt til ei handelsavtale med EU (VPA) som gir marknadstilgang for tømmer som er hogd i medhald av landet sine lover og reglar. Noreg bidrog i 2018 med 8 mill. kroner for å sikre kontinuitet i arbeidet med å implementere VPA-avtalen. Pengane blei kanalisert gjennom britiske Department for International Development (DFID).

Eit program for å styrkje skogforvalting og stimulere berekraftig økonomisk aktivitet i dei største skoglandskapa blir gjennomført i samarbeid med Verdsbanken. Programmet medverkar til å betre forvaltinga av verdifulle verneområde og styrkje reformprosessen i skogforvaltinga. Denne går blant anna ut på å overføre formelle forvaltningsrettar til menneska som har sitt tradisjonelle levevis i og ved skogen. Programmet har medverka til resultat under Klima- og skoginitiativets milepælar i 2018 effektiv gjennomføring av ny policy for berekraftig skog- og arealbruk og betre styresett i skog- og arealforvaltning i form av i) betre offentleg tilgang til prosessar og dokument knytte til hogstkonsesjonar og overføring av hogstrettar til lokalbefolkning, ii) revisjon og utvikling vidare av eit system for oppfølging av sosiale og miljøretta sikringsmekanismar (SIS) og iii) oppretting av to nye verneområde. 28 mill. kroner vart utbetalt til Verdsbanken i 2018 for gjennomføring av dette programmet.

Hausten 2017 var det presidentval i Liberia. Valet vart gjennomført utan uro og vart etterfølgt av den første fredelege maktoverføringa i Liberia på 70 år. Dette er ein siger for den demokratiske utviklinga i landet etter borgarkrigen. Store utskiftingar i politisk og administrativ leiing, og ei ytterligare forverring av den økonomiske situasjonen i landet, førte likevel til avgrensa framdrift i 2018.

Til saman blei det gjennom DIFID og Verdsbanken utbetalt 36 mill. kroner til Liberia i 2018.

Etiopia

Etiopias landareal er på over ein million kvadratkilometer, som omtrent svarer til storleiken på Frankrike og Spania til saman. Det bur om lag 100 millionar menneske i landet. Til trass for ein årleg økonomisk vekst på over 10 pst. dei siste åra, er Etiopia framleis eitt av verdas fattigaste land. Unntakstilstand vart innført i landet på grunn av sosial og politisk uro i oktober 2016, denne vart heva i august 2017.

Etiopia har både savanneskog og annan naturskog. I skogane finst ei rekkje endemiske plante- og dyrearter, og dei fungerer også som naturlege vasstårn for våtmarker og elvesystem som forsyner millionar av etiopiarar med straum, drikkevatn og vatning til jordbruk. Skogane sikrar dessutan lokalt mikroklima, dei forsyner landsbyar med bioenergi og medverkar til å binde jordsmonn der det blir dyrka mat. Avskoginga er driven primært av fattige menneske med behov for brensel og jordbruksland, vest i landet er skogen utsett for massivt press på grunn av brenselsbehovet til ei veksande flyktningbefolkning frå Sør-Sudan.

Etiopia har utarbeidd ein strategi for grøn økonomisk utvikling (Climate Resilient Green Economy (CRGE) Strategy). Landet tek sikte på å nå status som mellominntektsland innan 2025 utan at utsleppa av klimagassar aukar. For å oppnå dette planlegg landet å unngå drivhusgassutslepp på 255 millionar tonn CO2 innan 2030, samanlikna med dagens utsleppsprognosar. Halvparten av utsleppa skal unngåast ved å verne og restaurere skog. Etiopia viser slik korleis skogbevaring og auka opptak av karbon i skog kan vere ein del av ein plan for økonomisk vekst. Dette gjer landet til eit eksempel for andre utviklingsland.

I august 2013 signerte Noreg og Etiopia ei avtale om gjennomføring av nasjonale planar for REDD+ for perioden 2013–2020. Gjennom å støtte Etiopias CRGE-strategi ønskjer Noreg å medverke til at dei lukkast med både å beskytte landets attverande naturskog, og å auke det eksisterande skogdekket.

I 2017 starta fase to av samarbeidet og det vart inngått avtaler om støtte til skogbevaringstiltak og tiltak som støttar opp under Etiopias skogrestaureringsambisjonar for 720 mill. kroner til og med 2020. Av desse skal 600 mill. kroner kanaliserast gjennom Etiopias eige klimafond. I 2018 starta etiopiske myndigheiter implementering av norskstøtta klima- og skogtiltak i meir enn 100 distrikt. Programmet rapporterer å ha planta meir enn 17 millionar trær i perioden juli til september 2018, og demarkert og reservert meir enn 13 000 hektar med land for såkalla assistert naturlig regenerering. Programmet har vidare satt opp styregrupper og tekniske arbeidsgrupper med ansvar for skogbevaring i 54 distrikt i sør-vestre Etiopia. Både skogbevaring og skogplanting skjer i tett samarbeid med lokalsamfunna. Ei skogtransformasjonseining (Forest Sector Transformation Unit) som skal leggje til rette for og etablere offentlege-private samarbeid som tek sikte på å auke innsatsen for skogbevaring og skogplanting, og samtidig medverke til økonomisk vekst og jobbskaping, hadde si offisielle lansering i desember 2018. Desse har starta arbeidet med å vidareutvikle Etiopias skogsektor.

Noreg støttar også programmet Institutional Strengthening for Forest Sector Development in Ethiopia. Programmet etablerer plantasjar og arbeider med skogrestaurering i tre regionar. Prosjektet rapporterer å ha planta meir enn 3000 hektar med hurtigvoksande plantasjar og rehabilitert i underkant av 13 500 hektar med skog i 2018.

Det vart i 2018 gitt støtte til World Agroforestry Center (ICRAF), Norwegian Forestry Group, Farm Africa og Wondo Genet College. Alle prosjekta er godt i gang med implementering. Tematisk støttar dei opp omkring myndigheitenes arbeid. Det blei gjort ei midtvegsgjennomgang av Farm Africas arbeid i Bale-fjella i 2018, resultata var i all hovudsak positive. I 2018 blei det òg signert ei ny prosjektavtale med Kirkens Nødhjelp om støtte til dei etiopiske kyrkjeskogane. Det er gitt støtte til seks kyrkjer.

Program- og prosjektstøtta medverkar til milepælane i Klima- og skoginitiativets resultatrammeverk for 2018 effektiv gjennomføring av ny policy for berekraftig skog- og arealbruk og betre styresett i skog- og arealforvaltning.

Noreg støttar Verdsbankens program for berekraftige skoglandskap (BioCarbon Fund Initiative for Sustainable Forest Landscape), som samarbeider med Etiopia om å redusere utslepp og skape nye inntekter frå skogen i Oromia-regionen. Implementeringa starta i 2017, og 2018 har såleis vore det første heile året programmet har vore operativt. Programmet har langsamare framdrift enn planlagt og var ikkje i stand til å møte målsettingane i 2018 for deltakande skogforvalting og skogplanting. I tillegg til utfordringane knytt til implementering har hovudtema for diskusjonar i 2018 vore utviklinga av ein godefordelingsmekanisme og eit programdokument for utsleppsreduksjonar frå skog. Dette må vere på plass før Verdsbanken kan signere ei avtale om kjøp av utsleppsreduksjonar. Verdsbanken rangerar programmets framdrift som moderat tilfredsstillande.

I 2018 blei det etiopiske departementet for miljø, skog og klima omgjort til ein kommisjon. Den nye kommisjonens arbeidsområde er overlappande med det tidlegare departementets, og ressurssituasjonen er uendra. Kommissæren har likevel ingen plass i regjeringa. Det vil være naudsynt å følje utviklinga og implikasjonane av dette over tid for å kunne sei om dette vil kunne få konsekvensar for det norsk-etiopiske klima- og skogsamarbeidet.

Etiopia lanserte i oktober 2018 sitt tiårige National Forest Sector Develoment Program. Programmet er eit rammeverk for skogutvikling i Etiopia, båe som økonomisk sektor, som klimatiltak og for å gjenreise viktige økosystemtenester. Programdokumentet er finansiert av Noreg og Sverige.

Framgangen i klima- og skogsamarbeidet med Etiopia ligg etter planen. Det var unntakstilstand i Etiopia i meir enn halve 2017, noko som har medverka negativt til framdrifta. Det må òg understrekast at landet sitt generelle utviklingsnivå, og styresmaktene sin kapasitet, gjer at det vil krevje langsiktig innsats for å oppnå signifikante resultat i implementeringsfasen av klima- og skogsatsinga i landet.

Totalt vart det utbetalt litt over 77 mill. kroner til klima- og skogtiltak i Etiopia i 2018.

Guyana

Guyanas 185 000 kvadratkilometer med skog dekkjer eit område fire gonger så stort som Danmark. Guyana høyrer til ei anna geologisk sone enn Amazonasbassenget og har nokre av verdas best bevarte regnskogsområde. Avskoginga i Guyana er svært låg både i regional og global samanheng. Målet for samarbeidet mellom Guyana og Noreg er at avskoginga skal halde fram med å vere låg. Samarbeidet med Guyana er dessutan viktig for å ta vare på eit rikt naturmangfald og for å medverke til berekraftig utvikling for menneska i landet.

Guyanas president, David A. Granger, har teke initiativet til ein utviklingsplan for grøn, inkluderande økonomi. Det er venta at planen blir godkjent av nasjonalforsamlinga i Guyana og at den blir førande for framtidige regjeringsalliansar. Samarbeidet med Guyana medverkar til å nå Klima- og skoginitiativets overordna målsetjing i 2018 om å ivareta naturskog og til berekraftig utvikling. Guyana er eit såkalla High Forest Low Deforstation-land og samarbeidet er ein viktig modell for korleis slike land kan gjere seg nytte av program som fokuserer på reduserte utslepp frå avskoging og skogdegradering. Det er også blant dei fattigaste landa i Sør-Amerika, men nylege oljefunn utanfor kysten kan skape ein rask økonomisk vekst dersom inntektene frå sal av olje blir godt forvalta. Betra styresett i Guyanas skogsektor er også eit viktig mål for samarbeidet. Guyanas klimagassutslepp kjem hovudsakleg frå utslepp frå energisektoren og det er risiko for at desse vil auke framover. Utvikling av rein og fornybar energi er derfor ein viktig pilar i partnarskapet. Gjennom heile 2018 har det vore god framdrift i arbeidet med å få på plass ein plan for overgangen til rein og fornybar energi i Guyana.

Noreg har lova å betale opp til 1,5 mrd. kroner til Guyana avhengig av resultata. Om lag 1 mrd. kroner er utbetalt. Norske midlar blir bl.a. kanalisert gjennom eit fond i Verdsbanken (Guyana REDD+ Investment Fund (GRIF)) som går til å gjennomføre prosjekt i tråd med landet sin grøne utviklingsstrategi. Gjennom prosjekta har fleire små og mellomstore klimavennlege bedrifter fått høve til å starte opp både i byane og i urfolksområde. Klimatilpassingstiltak er òg sett i gang. Avtala med Verdsbanken om GRIF vart i 2016 forlenga med fem nye år, ut 2021.

Guyana Forestry Commission (GFC) er ansvarleg for overvaking av skogane i landet. I løpet av relativt kort tid har GFC utvikla eit av dei beste systema for skogovervaking, rapportering og verifisering i tropane. Noreg inngjekk i 2017 ei avtale med Conservation International om å støtte arbeidet til kommisjonen for å drive med skogovervaking fram til og med 2019. Guyanas skogtall for 2017, som blei rapportert i 2018, viser ei gjennomsnittleg avskoging på 0,048 pst. Det er den lågaste avskoginga sidan partnarskapen med Noreg begynte i 2009, og ei av dei lågaste avskogingsratane i verda. Ei av årsakene til dette er at Guyana har betra styringa av gruvesektoren etter at landet meldte seg inn i Extractive Industries Transparency Initiative i 2017 og forbetra styresettet i skogsektoren i samband med at landet slutta seg til ei avtale med EU om å unngå handel med ulovleg tømmer i 2018. Noreg har gjennom ei samarbeidsavtale med Storbritannia støtta opp om dette og blant anna medverka til at sivilsamfunnet får delta i arbeidet med å forbetre styresettet. Dette medverkar til å nå klima- og skoginitiativets milepæl i 2018 om betre styresett i skog- og arealforvaltning og til at privat sektor medverkar til å redusere avskoging.

Det har blitt utbetalt 13 mill. kroner til partnarskapen med Guyana i 2018. Hovudvekta har gått til systemet for skogovervaking.

Vietnam

Vietnam har variert topografi, klima og jordsmonn, med lang kystlinje, regnskog, tempererte område og fjell, og store elvedelta i nord og sør. Mekongregionen, som landet utgjer ein del av, er blant områda i verda med størst mangfald av sjeldne dyre- og plantearter, men også nokre av dei høgste avskogingsratane. Mellom 1943 og 1990 vart skogdekket i Vietnam redusert frå 43 til 27 pst. som følgje av krig og folkeauke. Sjølv om det totale skogdekket igjen har auka til meir enn 40 pst. som følgje av omfattande skogplanting, har avskoging og skogdegradering i attverande naturskog halde fram. Dette skuldast blant anna konvertering til kommersielt plantasjejordbruk, infrastruktur og tømmerplantasjar. Intakt naturskog utgjer no mindre enn ein pst. av skogane i landet.

Noreg har sidan 2013 hatt ei klima- og skogavtale med Vietnam gjennom FNs REDD-program, som vart avslutta i 2018. Avslutninga av samarbeidet markerar at Vietnam har gjennomført mest alle milepælar for iverksetting av REDD+, og er kvalifisert for å ta imot betalingar for minska utslepp av klimagassar. Avtalen omfatta totalt støtte på 180 mill. kroner til Vietnams førebuande arbeid for å redusere klimagassutslepp frå skog. Iverksetjinga var utfordrande og prega av svak framdrift dei første åra. Dei siste åra har det likevel vore god framgang i programmet, i det viktige reformer som lovar godt for framtidig naturressursforvaltning kom på plass. Desse inkluderte eit direktiv frå Kommunistpartiet om å unngå all hogst i naturskog, redusere arealbruksendring og avskoging for infrastruktur og plantasjejordbruk, og å sikre betre handheving av lover knytte til forvaltning av skog.

Det vart i 2018 gjort framsteg i arbeidet med å utvikle eit referansenivå for utslepp frå skog. Dette gir moglegheit for resultatbaserte utbetalingar, om Vietnam klarer å dokumentere at utsleppa er lågare, eller karbonbindinga gjennom auka skogdekke høgare, enn dette referansenivået. Vietnam var blant dei første landa som gjorde ferdig eit system for rapportering på sikringsmekanismar for REDD+. Desse skal syte for transparens i forvalting av skog, at etniske minoritetar ikkje blir skadelidande som følgje av tiltak for å redusere utslepp og å auke opptak av karbon i skog, og at naturskog og biologisk mangfald ikkje vert ytterlegare redusert. Desse framstega kan syte for at Vietnam kvalifiserer seg for støtte frå Verdsbankens karbonfond og Det grøne klimafondet.

Sjølv om ei ny skoglov frå 2017 gir auka rom for deltaking av sivilsamfunn og etniske minoritetar, er sivilsamfunnet framleis strengt kontrollert og har liten innverknad på skog- og arealbruk i Vietnam. Det er framleis utfordringar knytte til tap av naturskog, ulovleg hogst og handel med tømmer frå nabolanda. Vietnams treforedlingsindustri er blant verdas største, og har inntil dei siste åra importert ein stor del av råvarene og dermed lagt press på skogen i nabolanda, så vel som i andre skogregionar i verda.

Vietnam og EU underteikna i 2018 ei avtale for å sikre lovleg import av tømmer og trevarer frå Vietnam til den europeiske marknaden, inkludert Noreg. Utvikling av eit robust system for sporing av tømmer står sentralt her. FNs REDD-program har ytt viktige bidrag til at denne avtala kom på plass. Det same gjeld norskstøtta sivilsamfunnsaktørar som Forest Trends og Environmental Investigation Agency, som har dokumentert ulovleg tømmerhandel, tapte inntekter og utviklingsmoglegheiter for styresmaktene i regionen. Den positive utviklinga på dette området kan no leggje grunnlaget for eit regionalt samarbeid om skogkriminalitet, der Vietnam kan dele av sine erfaringar og vere med å kvalifisere nabolanda i Mekongregionen for liknande avtaler med EU og finansieringsmekanismar for REDD+. FNs REDD-program har i 2018 utarbeidd eit regionalt program som kan utnytta det positive momentum for liknande framgang i styresett, skogdekke og deltaking i skogforvaltning også i nabolanda.

Resultata leverer på milepælane betre styresett i skog- og arealforvalting og policy for berekraftig skog- og arealbruk i Klima- og skoginitiativets resultatrammeverk for 2018.

Klima- og skoginitiativet utbetalte til saman 3 mill. kroner til Vietnam i 2018. Pengane vart kanaliserte gjennom FNs REDD-program.

Tanzania

Rundt halvparten av Tanzanias samla areal er dekt av skog. Landet har stor variasjon av skogtypar, frå regnskog til tørr savanneskog.

Tanzania er eit land med høg avskoging. Landet har ei av verdens snøggast veksande befolkningar (3 pst./år), og majoriteten av befolkninga brukar ved og trekol som si primære energikjelde. Dette legg betydeleg press på skogen. Berre 15 pst. av befolkninga har tilgang til straum.

Ekspansjon av landbruksareal legg også eit betydeleg press på skogen i Tanzania. Det er nødvendig med auka landbruksproduksjon for å fø ei raskt veksande befolkning, men når produktiviteten ikkje aukar er det nødvendig å ta i bruk nytt areal for å auke produksjonen.

I april 2008 underteikna Noreg og Tanzania ei intensjonsavtale om samarbeid for å redusere avskoginga i landet. Noreg lova å støtte landet med inntil 500 mill. kroner over fem år. Igangsetjing av REDD+ i Tanzania tok betydeleg lenger tid enn venta og den politiske støtta til arbeidet med REDD+ vart svakare etter endringar i regjeringa i 2009. Etter at president Magufuli kom til makta i slutten av 2015 er klima framleis lågt prioritert av Tanzanias myndigheiter. Tanzanias viseminister for miljø deltok på Klimatoppmøtet i Polen (COP24) i 2018 med norsk støtte.

Noreg heldt i 2018 fram med støtta til Tanzanias National Carbon Monitoring Centre (NCMC), som vart lansert i 2016. Sokoine University of Agriculture er vertsinstitusjon, og det er avtalefesta eit fagleg samarbeid med Norsk Institutt for Bioøkonomi (NIBIO). NCMC leverer data til miljømyndigheitene og produserer informasjonsmateriale om avskoging og klimagassutslepp.

I 2018 støtta Noreg også Forestry Training Institute (FTI). Instituttet medverkar til å auke kunnskapen om REDD+ gjennom yrkesutdanning på skogområdet. Prosjektet vart avslutta i 2018, og resultata av prosjektet vil bli evaluert i løpet av 2019.

Til saman utbetalte Noreg ca. 11,5 mill. kroner til Tanzania i 2018.

Transparens

Auka transparens kring avskoging er eit av hovudsatsingsområda for Klima- og skoginitiativet. Ny teknologi og raskt fallande kostnadar for satellittar og satellittinformasjon, gjer det mogeleg å overvake avskoging i nær sanntid. Saman med informasjon om landrettar, hogstkonsesjonar og finansstraumar gir dette nye moglegheiter for myndigheiter til å overhalde lover, sivilsamfunnsorganisasjonar og urfolk til å drive kampanjar, og bedrifter til å bruke si marknadsmakt og levere på mål om avskogingsfrie forsyningskjeder.

Teknologiske plattformer for transparens, slik som Global Forest Watch, er også svært nyttige for at sivilt samfunn og urfolksgrupper – under dette mange støtta av Klima- og skoginitiativet, kan halde styresmakter og selskap ansvarlege for avskoging.

Måling, rapportering og verifisering (MRV) av endringar i skogen og utslepp av klimagassar frå skogareala er ein føresetnad for å kunne betale for utsleppsreduksjonar. Skoglanda må etablere eit system for å måle endringar i skogareala og estimere utslepp av klimagassar frå skog, for så å rapportere resultata offentleg og til dei som skal betale for utsleppsreduksjonar. For at resultata skal ha truverde må dei verifiserast av ein uavhengig tredjepart. I 2018 heldt Klima- og skoginitiativet fram med å gi støtte til fleire strategiske satsingar for å bidra til milepælen system for måling, rapportering og verifisering av utslipp frå skog er etablert. Støtta går både til skogland for å byggje opp deira MRV-system, og til overordna satsingar. I dei bilaterale samarbeida medverkar Klima- og skoginitiativet sin innsats til å utvikle system for måling, rapportering og verifisering, mellom anna for Brasil, Peru og Etiopia. På globalt nivå er Noreg den største givaren til prosjektet Global Forest Watch, som gjer uavhengige analysar av skogar i verda gratis tilgjengelege via sine nettsider.

Klima- og skoginitiativet medverkar òg til metodeutvikling for måling av endringar i skogen og estimering av utslepp av klimagassar frå skog i tropiske land. Eit eksempel på slikt arbeid er deltaking i det internasjonale nettverket Global Forest Observation Initiative. I 2018 vart det inngått ei ny avtale med FAO om støtte til sekretariatet til dette nettverket fram til 2020. Dette nettverket har blant anna til føremål å syte for at leverandørane av satellittdata prioriterer å samle inn data om skogen, og at skoglanda har tilgang til god metoderettleiing og kapasitetsbygging. I 2018 har nettverket brukt ressursar blant anna på å systematisere arbeidet med å identifisere skoglanda sine behov. Klima- og skoginitiativet arbeider òg for eit betre samarbeid mellom leverandørar og brukarar av satellittdata av skog. Dette arbeidet blir utført med støtte frå Norsk Romsenter. Eit anna eksempel er Noregs støtte til eit prosjekt i FAO som gjer fjernmålingsdata tilgjengelege for tropiske skogland. Avtala med FAO vart i 2018 utvida til å gjelde fram til 2020.

Til saman vart det utbetalt 77 mill. kroner til overordna MRV og anna metodearbeid i 2018. Hovuddelen av midlane finansierte WRIs program Global Forest Watch og FAOs Satellite Data Management System.

Mangrover og anna særskilt karbonrik skog

Klima- og skoginitiativet har eit særskilt fokus på naturskog, grunna dei store karbonlagra desse økosystema ofte representerer, og deira særskilt viktige bidrag til bevaring av andre økosystemtenester. I takt med at den generelle oversikta over skogane i verda er blitt betre dei siste åra, er det aukande fokus på særskilt karbonrike naturtypar i prosjektporteføljar og internasjonale samarbeid. Eksempel på dette omfattar støtta til det indonesiske byrået for restaurering av torvmyr, intakt naturskog i Papua og Vest-Papua, og støtte til fleire prosjekt som inneheld komponentar på torvmyr og mangroveskog. Stortinget har ved fleire høve framheva at slike økosystem burde få meir merksemd, seinast i Innst. 9 S (2016–2017), der Energi- og miljøkomiteen ber om at det blir sett i gang meir dialog internasjonalt om mangroveskog og REDD+, og støtte til eitt eller fleire strategiske initiativ på mangroveområdet. Det har i løpet av 2018 funne stad førebuingar til slike innsatsar i Myanmar, Indonesia, og på sikt i Brasil, som er nokre av landa med dei største førekomstane, men også raskaste tap av mangroveskog. Det vart også halde ei særskilt sesjon om mangrovar og torvmyrer under Tropical Forest Forum i Oslo, med deltaking frå Republikken Kongo, Indonesia, FN Miljø og forskarar, i tillegg til statsråden.

I Indonesia har ein i 2018 arbeidd vidare med planar for kartlegging av mangrovar og inkludering av mangrovar i grunnlaget for eventuell resultatbasert støtte frå Noreg. Det er særleg aktuelt i provinsane Papua og Vest-Papua, som omfattar dei største mangroveførekomstane, og samtidig mesteparten av attverande intakt regnskog, i Indonesia.

Støtte til sivilt samfunn

Sivilsamfunnet er viktige aktør i arbeidet for reduserte utslepp frå avskoging (REDD+), og har vore ein viktig støttekanal for Klima- og skoginitiativet sidan 2009. I tillegg til fortløpande avtaler, vart tre nye avtaler (WWF Noreg, Forest Peoples Programme og Mongabay) og fire tilleggstilskot gitt i 2018 (Regnskogfondet, Aidenvironment, Environmental Investigation Agency og Global Witness).

Måla for sivilsamfunnssatsinga fell inn under resultatrammeverket for Klima- og skoginitiativet for 2018 (sjå boks 7.4 i Prop. 1 S (2018–2019)), og prosjekta er valt ut for å levere resultat på ulike milepælar og indikatorar. Dei fleste prosjekta hadde ein ekstern midtvegsgjennomgang i 2018. Eksempel på resultat knytte til nemde rammeverk er oppsummert nedanfor.

Innan milepælane REDD+ bidrar til å auke ambisjonen i det globale klimaregimet og auka, langsiktig og forutsigbar global finansiering av REDD+ har mellom anna Regnskogfondet og European Federation for Transport and Environment arbeidd med å forbetre høvesvis sikringsmekanismar, ambisjonar og berekraftig biobrensel knytt til luftfart gjennom FNs spesialiserte byrå for den internasjonale luftfarten (ICAO).

Fleire organisasjonar arbeider for milepælen betre sikringsmekanismer innarbeidet i finansieringsinstitusjoner for REDD+. Blant anna har Rights and Resources Institute (RRI), International Work Group for Indigenous Affairs (IWGIA) og Regnskogfondet medverka til at ein urfolkspolicy no er på plass i det grøne klimafondet.

I Vietnam har Forest Trends’ studiar av regionale handelsmønster og flyt av tømmer frå Laos til Kina og Vietnam hatt direkte påverknad på utforminga av Vietnams importregelverk og på vietnamesiske tømmerimportørar. Dette medverkar til å nå Klima- og skoginitiativets milepæl policy for bærekraftig skog- og arealbruk i skogland.

Earthworm Foundation (tidlegare The Forest Trust) har arbeidd for å styrkje lokale sivilsamfunnsaktørar i å overvake gjennomføringa av palmeoljeselskap sine forpliktingar. I Indonesia har WWF utvikla ei web-basert plattform for overvaking, rapportering og verifisering av skogdata i Aust-Kalimantan. Dette medverkar til milepælen systemer for måling, rapportering og verifisering av utslipp fra skog er etablert.

Fleire sivilsamfunnsaktørar arbeider opp mot milepælen effektiv gjennomføring av ny policy for berekraftig skog- og arealbruk. Myndigheitene i Liberia har med bidrag frå Global Witness starta ein konsultasjonsprosess på ny policy og lovverk for betre å regulere den industrielle landbrukssektoren. Earth Innovation Institute (EII) har i løpet av prosjektperioden lykkast i å få framgang rundt offentlege lågkarbon-utviklingsplanar i fleire delstatar i Brasil, Colombia, Peru og Indonesia.

Mange organisasjonar arbeider på ulike måtar mot milepælen betre styresett i skog- og arealforvaltning. Environmental Investigation Agency avslørte i rapporten Rosewood racket (2017) moglege brot på Nigerias forpliktingar under konvensjonen for handel med truga arter (CITES). Rapporten førte til at CITES Standing Committee suspenderte all kommersiell handel av kossotømmer frå Nigeria. Stiftelsen for skog- og landrettar, International Land and Forest Tenure Facility, finansierer eit prosjekt i Peru som ved slutten av 2018 hadde sikra landtitulering av urfolksterritorium pålydande 565 682 hektar i delstatane Madre de Dios og Loreto.

Innan milepælen privat sektor jobber mot avskoging, har Aidenvironment styrkt overvaking av avskoging i næringslivet gjennom å produsere rapportar som viser risiko knytt til avskoging både for produsentar og kjøparar. Imazon produserte saman med partnar O Eco filmen Grazing the Amazon som sette søkelys på avskoginga forårsaka av kjøtindustrien i Brasil.

I juni 2018 vart Oslo Tropical Forest Forum, tidlegare Oslo REDD Exchange, gjennomført for fjerde gang. Konferansen samla vel 660 deltakarar frå sivilt samfunn, multilaterale organisasjonar, myndigheiter, akademia og privat sektor. Konferansen er ein av dei viktigaste internasjonale arenaene for bevaring av tropisk regnskog. Sentralt på agendaen var berekraftsmåla, rolla til privat sektor, koplinga mellom skog og Parisavtala, skogmonitorering, ulovleg og uregulert hogst samt urfolks rettigheter.

Til saman utbetalte Norad 325,5 mill. kroner til sivilsamfunnsprosjekt, inklusive Tenure Facility, under kap. 1482 post 73 i 2018. I tillegg vart 13,3 mill. kroner utbetalt under same budsjettposten for konferansen Oslo Tropical Forest Forum.

Støtte til urfolk og andre skogavhengige folk

Urfolks innsats og sak støttast i hovudsak gjennom dei bilaterale partnarskapa. I tillegg blir det gitt støtte til urfolk og andre skogavhengige folk gjennom sivilsamfunnsstøtta. Klima- og skoginitiativet medverkar òg til at urfolks rettar blir tekne vare på og styrkte i dei multilaterale kanalane som initiativet støttar.

I dei fleste av partnarskapa til Klima- og skoginitiativet står urfolksinnsats sentralt, sjå rapportering på dei enkelte landa. I Peru har i underkant av 70 urfolkssamfunn i fylka San Martín, Ucayali og Loreto fått landrettar til regnskogen i områda dei bur i, eit areal på over 3 000 kvadratkilometer. I Colombia blir bl.a. organisasjonen OPIAC støtta, noko som har medverka til at 86 urfolkssamfunn i colombiansk Amazonas har fått styrkt kapasitet til å forvalte sine territorium på ein berekraftig måte. I Guyana har det nasjonale fondet, GRIF, finansiert eit prosjekt for å styrkje urfolks rettar til land. Arbeidet har vore vanskeleg å få gjennomført, men eitt urfolksområde vart ferdigstilt i 2018.

Støtte til urfolksorganisasjonar har vore eit prioritert tematisk område for sivilsamfunnsporteføljen frå 2016–2020, og til saman ti organisasjonar har fått støtte på området. Bl.a. har RAISG-konsortiet tilrettelagt for dialog mellom urfolksorganisasjonar og høgtståande myndigheitspersonar frå Brasil, Colombia, Ecuador og Peru om betydninga av urfolksterritorium for å ta vare på naturskog og skogen si evne til å binde karbon. Bodskapen er underbygt av forskninga RAISG har gjort på feltet. Gjennom Governors Climate and Forest Initiative blir det støtta innsats for urfolk sine rettar på subnasjonalt nivå i fleire sentrale skogland.

Klima- og skoginitiativet har sidan 2017 støtta Tenure Facility, i regi av Rights and Resources Institute (RRI). Tenure Facility har som mål å styrkje landreform og rettar for urfolk og lokalsamfunn i utviklingsland, gjennom støtte til lokale urfolksorganisasjonar. Tenure Facility medverka bl.a. til at urfolk fekk rettar over eige land i fleire provinsar i Peru i 2018.

Med norsk støtte medverka Rights and Resources Institute (RRI) og deira koalisjonsmedlemmer, spesielt Tebtebba og FNs spesialrapportør for urfolks retta til at ein urfolkspolicy er etablert i Det grøne klimafondet. Påverknadsarbeidet tok utgangspunkt i RRIs analyse av urfolks rettar i eit utval prosjekt frå klimafondets portefølje.

Strategisk kommunikasjon

I september 2018 inngjekk Klima- og skoginitiativet ei avtale om å opprette Rainforest Journalism Fund, eit journalistisk uavhengig fond drifta og forvalta av Pulitzer Center on Crisis Reporting. Avtalen har ei ramme på 49 mill. kroner over fem år, og nedslagsfeltet er dei tre store skoggeografiane Amazonas, Sentral-Afrika og Søraust-Asia/Indonesia. Gjennom prosjektperioden skal fondet medverke til meir enn 200 journalistiske saker i høvesvis lokale og regionale medium i dei ulike skoglanda, og i store, internasjonale medium. I tillegg til å styrkje den frie og uavhengige journalistikken vil Pulitzer Center arrangere årlege journalistkonferansar i kvar skogregion der kunnskapsdeling og lokal kapasitetsbygging står sentralt. Fordi undersøkande journalistikk kan vere svært farleg, arrangerer Pulitzer Center også omfattande tryggingskurs for journalistar. I september 2018 inngjekk Klima- og skoginitiativet ei avtale med Climate and Land Use Alliance (CLUA). Ein stor del av innsatsen skal dreie seg om strategiske kommunikasjonstiltak i skoglanda Indonesia og Brasil. Arbeidet var i 2018 i oppstartsfasen.

I 2018 støtta også Klima- og skoginitiativet nettstaden Mongabay, organisasjonen BBC Media Action, og Center for International Forestry Research (CIFOR). Avtalene er forvalta av Norad. Nettstaden Mongabay.com produserer og publiserer nyheitsstoff relatert til tropisk avskoging. Berre blant Mongabays lesaarar i Latin-Amerika vart det registrert 6,5 millionar unike besøkande i 2018, meir enn ei dobling frå året før. Norad inngjekk ei avtale med BBC Media Action i 2016 for støtte til prosjektet Return to the Forest. Prosjektet inneber produksjon av fjernsynsprogram som har til formål å informere om problemstillingar knytte til avskoging i Indonesia. På grunn av forseinkingar vart samarbeidsavtala mellom BBC Media Action og det indonesiske kommunikasjonsdepartementet først signert i august 2018, og prosjektet var slik i 2018 i startfasen. I 2018 fekk CIFOR støtte til arbeidet med å publisere boka Transforming REDD+: Lessons and New Directions, som summerer dei siste 10 åras forsking på REDD+. Sekstito forfattarar medverka. Boka vart lansert i høve Global Landscapes Forum i november 2018 i Bonn, og på påfølgjande internasjonale møte på FNs klimakonvensjons årskonferanse i Katowice i Polen.

Å styrkje den frie og uavhengige journalistikken har potensiale til å medverke inn mot ei rekkje av Klima- og skoginitiativet sine strategiske målsetjingar i 2018; policy for berekraftig skog- og arealbruk i skogland, betre styresett i skog- og arealforvaltning og i neste omgang medverke til at samarbeidsland tek vare på naturskog.

Det blei i 2018 utbetalt om lag 24,6 mill. kroner til strategisk kommunikasjon.

Innsats for å nedkjempe skogkriminalitet

Ulovleg verksemd i skogsektoren er – direkte og indirekte – ein av dei største truslane mot verdas regnskogar. I følge INTERPOL og FN utgjer delen ulovleg hogst i tropiske regnskogland mellom 50 og 90 pst. av hogsten, og verdien av ulovleg hogst og handel med ulovleg tømmer er estimert til mellom 51 og 152 mrd. US dollar årleg. Utover dei alvorlege miljøkonsekvensane som skogkriminalitet representerer, er skogkriminalitet nært knytt til økonomisk kriminalitet som korrupsjon, kvitvasking og skattesvindel. Likevel er sjansen for å bli teken og dømt framleis svært låg mange stader. Utan å redusere den ulovlege avskoginga når vi neppe måla i Parisavtala eller Berekraftsmåla. Ei heller målsetjingane for Klima- og skoginitiativet. Derfor har Klima- og skoginitiativet i 2018 intensivert innsatsen mot ulovleg avskoging som eit viktig verkemiddel for å støtte opp om dei bilaterale avtalene i satsinga.

I 2018 lanserte Klima- og skoginitiativet støtte til programmet Enforcement assistance programme to reduce tropical deforestation (LEAP) for å styrkje politi-, toll- og påtalemyndigheiter si evne til å nedkjempe ulovleg avskoging i sentrale samarbeidsland i Asia og Latin-Amerika. Noreg vil bruke opptil 145 mill. kroner over 2,5 år på samarbeidsprosjektet mellom i hovudsak Interpol og FNs Kontor for kamp mot narkotika og kriminalitet – UNODC. I 2018 registrerte politimyndigheitene i fokuslanda for prosjektet rundt 100 skogkrimsaker i Interpol sine system. I tillegg fullførte Interpol to regionale politioperasjonar retta mot å avdekke skogkriminalitet med fokus på å ta bakmennene i dei kriminelle nettverka. Desse operasjonane førte til fleire pågåande etterforskingssaker. Interpol har rapportert at dei har opplevd ein markant auke i talet på saker som blir innrapporterte av nasjonale politimyndigheiter sidan Noreg begynte å gi midlar til dette arbeidet.

Prosjektet medverkar til milepælen effektiv gjennomføring av policy for bærekraftig skog- og arealbruk i Klima- og skoginitiativet sitt strategiske rammeverk i 2018.

Norad forvaltar fleire prosjekt av sivilt samfunn som på ulike måtar medverkar til meir transparens i skogsektoren og i å avdekkje ulovlege tilhøve i regnskogsland. I tillegg støttar KLD World Resources Institutes (WRI) arbeid med å styrkje lovleg verksemd i skogsektoren. I 2018 lanserte WRI saman med partnarane i den Demokratiske Republikken Kongo (DRK) og Republikken Kongo den nettbaserte plattforma Open Timber Portal. Plattforma er eit transparensverktøy som blir brukt av hogstselskap, NGOar og av kjøparar som ønskjer å kjøpe lovleg tømmer. Formålet er å medverke til å svekkje den ulovlege sektoren. WRI rapporterer om stor interesse for plattforma. WRI hadde òg i 2018 stor suksess med sitt arbeid med å innhente tresortsprøvar for å lage referansedatabasar for utvalte tømmersortar. Dette arbeidet vil i neste steg gjere det lettare for myndigheiter, som toll, å identifisere og leggje beslag på ulovleg tømmer. WRI fekk mykje mediamerksemd for dette arbeidet, blant anna av NY Times.

I 2018 vart Klima- og miljødepartementet valt inn i styret til Interpols arbeidsgruppe på skogkriminalitet. Gruppa, som er leia av USA, med Noreg som nestleiar, skal blant anna arbeide med å leggje til rette for auka deltaking i internasjonale politioperasjonar med fokus på å avdekkje og stoppe skogkriminalitet og handel med ulovleg tømmer, og å gi strategiske råd til Interpol.

Noreg utbetalte i 2018 til saman 20,8 mill. kroner til tiltak for å nedkjempe skogkriminalitet.

Interfaith Rainforest Initiative

Det vart i 2017 inngått avtale om norsk støtte på 50 mill. kroner for perioden 2018–2020 til arbeidet med Interfaith Rainforest Initiative. FN miljø (UNEP) forvaltar midlane og koordinerer arbeidet. Formålet med initiativet er å mobilisere trussamfunn, religiøse institusjonar og religiøse leiarar i kampen for vern av tropisk skog i Indonesia, DR Kongo, Peru, Colombia og Brasil. Trussamfunn representerer unike nettverk for kunnskapsformidling, bevisstgjering og mobilisering i Klima- og skoginitiativet sine partnarland. Trussamfunn er ein viktig del av det sivile samfunn i desse landa og representerer ei betydeleg moralsk og mobiliserande kraft som hittil ikkje har vore utnytta i arbeidet med vern av regnskogen.

I Brasil vart det i løpet av 2018 halde ei rekkje møte for å konsultere religiøse leiarar, sivilsamfunnsaktørar og urfolksgrupper. Ein interreligiøs dialog om vekta av å bevare den attverande regnskogen i Brasil for å nå 1,5 gradersmålet og FNs berekraftsmål er initiert under initiativet. Moglegheiter og utfordringar for gjennomføring av ei lansering av initiativet i Brasil må vidare vurderast i lys av den nye politiske konteksten i landet.

Initiativet blei lansert i både Colombia og Peru i løpet av 2018. I begge land vart det arrangert arbeidsmøte, og identifisert landstrategiar og ein handlingsplan for vidare arbeid med initiativet.

I DRK og Indonesia vart det i løpet av 2018 arbeidd med ei kartlegging av relevante aktørar frå trusbaserte organisasjonar, urfolksgrupper og sivilsamfunn. I Indonesia vart det vidare halde innleiande arbeidsmøte med sentrale aktørar, der potensielle fokusområde for eit landprogram vart identifisert.

Initiativet medverkar inn mot Klima- og skoginitiativet sin milepæl effektiv gjennomføring av ny policy for bærekraftig skog- og arealbruk og bidrar til samarbeid på tvers av aktørar og sektorar.

Noreg utbetalte 25 mill. kroner til Interfaith Rainforest Initiative i 2018.

Multilaterale satsingar

Noreg har over fleire år gitt støtte til ulike multilaterale program gjennom FNs klima- og skogprogram (UN-REDD), Verdsbankens Forest Carbon Partnership Facility (FCPF) og Verdsbankens BioCF Initiative for Sustainable Forest Landscapes (BioCF ISFL). Noreg har medverka aktivt i utforminga av programma sin policy og gjennomføring. Totalt deltek meir enn 60 skogland i desse initiativa. Det er viktig for Noreg at også innsats gjennom multilaterale kanalar har eit nasjonalt fokus, og er retta mot å gi insentiv for varige nasjonale reformer i tråd med Klima- og skoginitiativet sin strategi. Organisasjonane skal hjelpe skoglanda til å setje i verk inkluderande prosessar, styrking av urfolks og andre skogfolks rettar, likestilling og ivaretaking av biologisk mangfald.

Noreg har støtta UN-REDD sidan 2008. Programmet blir implementert av FN-organisasjonane UNDP, FAO og UNEP, og er todelt. Den første komponenten tilbyr fagleg bistand til UN-REDDs medlemsland som skal levere REDD+-resultat. Den andre komponenten er ein global, tematisk kunnskapskomponent. Parallelt held UN-REDDs arbeid med Nasjonale Program (NP) fram. Colombia avslutta sitt NP i 2018, noko som medverka til at REDD+ readiness-prosessen vart fullført. I 2018 har programmet også støtta overgang til REDD+ implementeringsfase og implementering av REDD+ Action Plan, medverka til fullføring av krav i Warszawa-rammeverket, og til REDD+ National Investment Framework for enkelte land. I tillegg har UN-REDD, med FAOs spesialkompetanse innan måling, rapportering og verifisering (MRV), medverka til utviklinga av samfunnsbaserte MRV-system og/eller aktiviteter i meir enn 40 land.

I sitt 10-årsjubileum har UN-REDD-programmet kunna rapportere om bidrag til blant anna utforming av sosiale og miljømessige sikringssystem (SIS), utvikling/forbetring av nasjonale skogovervakingssystem (NFMS), berekning av referansebaner for utslepp (FREL/FRL), og til utforming av nasjonale REDD+-strategiar og arealbruksplanar. Sjå òg omtale av UN-REDD under rapportering om Vietnam.

Framdrifta i Verdsbankens Forest Carbon Partnership Facility (FCPF) sitt Readiness-fond er god. Sju land har sidan juli 2017 nådd målet om full kvalifisering til FCPF Karbonfondet, av desse tre i 2018.

Å setje referansenivå for avskoging (FRLs) og/eller referansenivå for utslepp frå skogsektoren (FRELs) er dei første stega landa må ta for å dra nytte av REDD+. Som ein nøkkelkomponent innan skogovervakingssystem angir FRL og FREL eit utgangspunkt som utsleppsreduksjonar blir målt opp mot, som er grunnlaget for resultatbaserte utbetalingar. Ytterlegare sju FCPF-land har levert sine referansenivå til UNFCCC i 2018, noko som gir eit totalt tal på 26 land sidan 2015.

I 2018 vedtok FCPFs Karbonfond å godta ytterlegare fem land i fondet sin investeringsportefølje; Mosambik, Vietnam, Laos, Nepal og Madagaskar. Dei seks programma som allereie er valt inn i fondets investeringsportefølje er DR Kongo, Costa Rica, Mexico, Ghana, Republikken Kongo og Chile. Fondets investeringsportefølje bestod ved utgangen av 2018 av totalt elleve land som førebur seg til å skrive under på kjøpskontraktar med fondet. I 2018 vart DR Kongo det første landet som underskrev en kjøpskontrakt med fondet. Dette er ein viktig milestolpe i arbeidet opp mot Klima- og skoginitiativet sitt mål om å medverke til utsleppsreduksjonar.

Noreg har òg sidan 2013 støtta Initiative for Sustainable Forest Landscapes (ISFL) gjennom BioCarbon Fund (BioCF) i Verdsbanken. Initiativet har til hensikt å prøve ut ei landskapstilnærming med fokus på klimasmart landbruk og bevaring av naturskog i tropiske skogland. ISFL består av to finansieringsmekanismar: BioCF plus som er tilskot for kapasitetsbygging og teknisk assistanse, og BioCF T3 som består av resultatbaserte utbetalingar. BioCF ISFL dekkjer jurisdiksjonar i fem land; Etiopia, Indonesia, Mexico, Colombia, og Zambia som til saman dekkjer landareal på over 120 mill. hektar. I 2018 fekk fondet ein ny givar då Sveits gjekk inn i fondet med 10 mill. sveitsiske franc. Det er venta at fondet i løpet av dei neste åra vil skrive under kjøpsavtaler for utsleppsreduksjonar for til saman rundt 250 mill. tonn CO2-ekvivalentar.

Noreg utbetalte 440 mill. kroner til multilaterale satsingar i 2018 gjennom Klima- og skoginitiativet, kanalisert gjennom Verdsbanken (FCPF) og UN REDD.

Samarbeid med privat sektor

Meir enn halvparten av all avskoging i dag skuldast produksjon av mat og andre landbruksråvarer. Samtidig aukar talet på menneske på jorda svært raskt og innan 2050 vil verden måtte dekkje matbehovet til 10 milliardar menneske. Berekraftig landbruk er derfor sentralt for å redusere avskoging i tropiske skogland. Dette kan gjerast gjennom effektivisert landbruk, god skog- og arealforvalting, og restaurering av landareal med utarma jord. Styresmaktene må leggje til rette gjennom regulering, slik som arealplanar, stabile landrettar, lovverk som ikkje tillèt at skogar og torvmyrer blir øydelagde, og målretta insentivordningar. Selskapa som produserer og kjøper råvarer som soya, palmeolje, kjøt og kakao, må ta ansvar for at produksjonen ikkje medverkar til avskoging. Her er offentleg-privat samarbeid sentralt.

Dei siste åra har mange store selskap engasjert seg i kampen mot avskoging. Omlag 500 selskap har påteke seg forpliktingar om å gjere forsyningskjedene sine avskogingsfrie sidan signeringa av New York Declaration on Forests i 2014. Det er svært positivt, og ein snakkar no om ein global allianse mot avskoging innan privat sektor. Det er likevel krevjande å gjennomføre skyldnadene, og fleire studiar viser at det blir utfordrande å nå måla for 2020.

Noreg støttar privat sektor sin innsats for å redusere avskoging frå forsyningskjeder, og utvikling av metodar for ein berekraftig og klimavennleg landbruksproduksjon, på fleire måtar. Tiltaka som er beskrivne under skal medverke til framgang på milestolpen knytt til privat sektor arbeider mot avskoging i Klima- og skoginitiativet sitt strategiske rammeverk for 2018, og på milestolpane effektiv gjennomføring av policy for bærekraftig skog- og arealbruk.

Noreg er ein aktiv deltakar i Tropical Forest Alliance (TFA), som er eit privat-offentleg samarbeid for å innføre avskogingsfrie verdikjeder for palmeolje, papirmasse, soya og storfekjøtt innan 2020. Alliansen høyrer til under World Economic Forum-paraplyen og består av deltakarar frå skogland, givarland, privat sektor og sivilsamfunn, inkludert urfolk. Alliansens fortrinn er at den samlar ulike samarbeid på tvers av aktørar og sektorar rundt felles målsetjingar. Den produserer kunnskap om korleis privat sektor, under dette finanssektoren, kan bli avskogingsfri, respektere skogfolks rettar og bevare naturskog, samtidig som skoglanda oppnår økonomisk vekst og fattigdomsreduksjon. Slik kan alliansen hjelpe skogland å oppfylle fleire berekraftsmål for utvikling. I 2018 har TFA styrkt samarbeidet med Consumer Gods Forum, medverka i utviklinga av deira post 2020-strategi, og lagt til rette for offentleg-privativ satsing i eit utval sentrale råvareproduserande jurisdiksjonar med høg avskoging.

I juli 2017 vart &Green-fondet for avskogingsfritt landbruk i tropiske skogland etablert etter initiativ frå Noreg. Gjennom å tilby subsidiert delfinansiering, eller risikoavlastning, har fondet som mål å mobilisere privat kapital til investeringar i avskogingsfrie forretningsmodellar. Fondet skal demonstrere modellar der sosialt og miljøvist ansvarleg landbruk er økonomisk lønnsamt, og dermed medverke til å framskunde ei grøn omstilling i landbruksindustrien. Noreg har lova å medverke med opptil 800 mill. kroner. Fondet har i 2018 diskutert investeringshøve med ei rekkje selskap, og lagt til rette for investeringar i 2019.

The Sustainable Trade Initiative (IDH) fremjar samarbeid mellom myndigheiter, lokalbefolkning og privat sektor for utvikling av avskogingsfritt jordbruk i viktige område i Brasil, Indonesia og Liberia. Innovative program, blant anna for meir berekraftig storfe- og soyaproduksjon, landsbybasert skogforvaltning, og arealplanlegging, vart starta opp og utvikla vidare i ei rekkje område i 2018.

Klima- og skoginitiativet støtta i 2018 òg ei lang rekkje sivilsamfunnsorganisasjonar som fremjar strategiar for å få privat næringsliv til å arbeide mot avskoging i sine forsyningskjeder, sjå rapportering om støtte til sivilsamfunn.

Det vart i 2018 utbetalt til saman omkring 305 mill. kroner til privatsektortiltak frå Klima- og skoginitiativet: 250 mill. kroner til fondet &Green, om lag 17 mill. kroner til TFA og 37,6 mill. kroner til IDH.

Fremje skogbevaring gjennom grøn vekst-porteføljar

Støtte til grøn vekst-tiltak har som mål å medverka til berekraftig utvikling og reduserte klimagassutslepp gjennom betra styresett i skog- og arealforvaltinga. Utvikling av planar for grøn vekst med sektorvise politiske verkemiddel legg til rette for ei økonomisk utvikling, som igjen kan redusere klimagassutslepp og fattigdom.

I 2018 vidareførte Klima- og skoginitiativet støtta til Den globale kommisjonen for økonomi og klima og deira flaggskipprosjekt New Climate Economy (NCE). Prosjektet utviklar kunnskap om og modellar for korleis økonomisk vekst kan skje på ein måte som er berekraftig. I september 2018 vart den globale New Climate Economy-rapporten lansert med god spreiing til avgjerdstakarar i både offentleg og privat sektor. I 2018 vart også initiativet The Food and Land Use Coalition (FOLU) vidareført, der fokus ligg spesielt på korleis matproduksjon i verda må endrast for å sikre at ei veksande befolkning blir brødfødd på ein helsesam og miljøvist berekraftig måte. Initiativet er eit offentleg/privat samarbeid med brei deltaking frå privat sektor, frivillige organisasjonar og akademia i nord og sør. Tre av Klima- og skoginitiativet sine samarbeidsland er pilotland for initiativet (Colombia, Etiopia og Indonesia). I 20 land har også lokale nettverksgrupper blitt etablerte for å utvikle integrerte modelleringsrammeverk og vegkart som kan vurdere politiske verkemiddel i landa sine mat- og landbrukssystem.

Global Green Growth Institute (GGGI) medverkar til å etablere rammevilkår som vil ha stor betydning for varigheita til dei endringane som innsatsen for REDD+ skaper. GGGI hjelper myndigheiter med å utvikle planar og strategiar for utsleppsreduksjonar og betre klimatilpassing innan energi, byutvikling, vassressursforvalting og arealforvalting. I 2018 utvikla GGGI 70 partnarskap og gjennomførte aktivitetar innan 30 prosjekt fordelt på 33 land. Organisasjonen fokuserer særleg på tiltak som medverkar til utsleppsreduksjonar, grøne jobbar, tilgang til berekraftige tenester, som for eksempel energitenester, betre luftkvalitet, tilstrekkeleg tilgang til økosystemtenester og betre klimatilpassing. Innsatsen er kopla til landa sitt arbeid med å gjennomføre sine nasjonalt bestemte skyldnader under Parisavtala, og til arbeidet med berekraftsmåla (SDG). GGGI samarbeider tett med privat sektor for å redusere finansiell risiko for private aktørar ved investeringar i grøne prosjekt, og medverkar på denne måten til at fleire land har etablert finansieringsmekanismar for klimatiltak som inkluderer REDD+.

Partnership for Action on Green Economy (PAGE) består av fem FN-organisasjonar som saman hjelper partnarland med å setje inkluderande og berekraftig vekst i sentrum for økonomisk utvikling. I 2018 hjelpte PAGE blant anna 8 land med å lage sektorovergripande strategiar for grøn vekst. Eit eksempel er Guyanas Green State Development Strategy: Vision 2040. Dei arbeidde òg med enkeltsektorar som er viktige for ei grøn utvikling. I Peru har dei for eksempel lært opp ekspertar i grøn økonomi-modellering og i Brasil har dei medverka til å fremje berekraftig turisme. Argentina, Guatemala, India, Indonesia og Kazakhstan vart med i PAGE i 2018. Partnarskapen har no 18 partnarland.

Wealth Accounting and the Valuation of Ecosystem Services (WAVES) er eit globalt partnarskap som har som målsetjing å integrere nasjonale rekneskapar for naturkapital inn i planar for utvikling og vekst. Slike rekneskap for til dømes skog kan nyttast til å gi eit breiare bilde av skogens økonomiske og miljømessige verdi, informasjon om årsaker til avskoging og om det samfunnsøkonomiske potensialet som ligg i vern av skogen. Waves har i 2018 arbeidd for å utvikle konkrete vegkart for naturregnskap i medlemslanda Botswana, Colombia, Costa Rica, Filippinene, Guatemala, Indonesia, Madagaskar, Zambia og Rwanda, og nye samarbeidsland som Uganda, Laos, Kambodsja, Vietnam og Myanmar.

I 2018 vart det utbetalt 62 mill. kroner frå budsjettposten til New Climate Economy, (kanalisert gjennom World Resources Institute (WRI) og United Nations Foundation), FOLU (kanalisert gjennom WRI), GGGI og PAGE for å fremje skogbevaring gjennom grøn vekst.

Fotnotar

1.

For oversikt over stoffa og stoffgruppene på prioritetslista og status for utslepp og utsleppsreduksjonar, sjå http://www.miljostatus.no/prioritetslisten, og vidare lenker derifrå.

2.

Bryggen i Bergen, Urnes stavkyrkje, Røros bergstad og Circumferensen, Bergkunsten i Alta, Vegaøyan, Vestnorsk fjordlandskap, Struves meridianboge og Industriarven Rjukan – Notodden.

3.

Utviklingsnett er Riksantikvarens seminarrekkje med aktuelle tema for kommunar og lokale aktørar.

Til forsida