Del 3
Omtale av særskilde tema
8 Langskip – fangst og lagring av CO2
Hausten 2020 la regjeringa fram Meld. St. 33 (2019–2020) Langskip – fangst og lagring av CO2. Stortingsmeldinga gir ein omfattande omtale av Langskip og regjeringas satsing på CO2-handtering. Stortinget vedtok å gjennomføre Langskip i tråd med forslaget frå regjeringa i statsbudsjettet for 2021, jf. Prop. 1 S (2020–2021) frå Olje- og energidepartementet og Meld. St. 33 (2019–2020).
Langskip omfattar fangst av om lag 400 000 tonn CO2 per år frå Norcems sementfabrikk i Brevik i Porsgrunn kommune som første fangstanlegg, og transport av CO2 frå fangstanlegget med skip til ein mottaksterminal i Naturgassparken i Øygarden kommune. Frå mottaksterminalen blir CO2 send vidare i røyr om lag 100 kilometer ut i havet til ein brønn der han blir injisert i ein geologisk struktur under havbotnen for permanent og sikker lagring.
Northern Lights JV DA, som er eit samarbeid mellom Equinor, Shell og Total, skal bygge og drive transport- og lagringsinfrastrukturen i Langskip. Transport- og lagringsinfrastrukturen er skalerbar, og Northern Lights planlegg utbygginga i fleire fasar. Gjennom tilskotsavtalen får Northern Lights statsstøtte til første fase, som har ein planlagd transport- og lagringskapasitet på 1,5 mill. tonn CO2 årleg.
Langskip vil også omfatte fangst av ytterlegare om lag 400 000 tonn CO2 per år frå Fortum Oslo Varmes avfallsforbrenningsanlegg på Klemetsrud i Oslo, under føresetnad av tilstrekkeleg eigenfinansiering og finansiering frå EU eller andre kjelder. Utover voluma frå Norcem og eventuelt Fortum Oslo Varme kan Northern Lights selje resterande lagerkapasitet til andre fangstaktørar. Ein føresetnad for at Langskip skal lykkast, er etterfølgande prosjekt internasjonalt som nyttar seg av læringa og infrastrukturen som blir etablert i prosjektet.
Statens kostnadsramme (P85) for Langskip er 19,4 mrd. 2022-kroner. Dette omfattar både Norcem, Northern Lights og Fortum Oslo Varme. Statens kostnadsramme for Fortum Oslo Varme avheng av tilstrekkeleg eigenfinansiering og finansiering frå EU eller andre kjelder.
Stortinget gjorde i samband med behandlinga av Prop. 1 S (2020–2021) frå Olje- og energidepartementet ei rekke oppmodingsvedtak om gjennomføring av Langskip, jf. punkt 5.1 i proposisjonens Del I.
8.1 Transport- og lagerpartnarskap for CO2-lagring
Stortingets oppmodingsvedtak nr. 158, 3. desember 2020:
«Stortinget ber regjeringen ta initiativ til forhandlinger om å gå inn i transport- og lagerpartnerskapet med statlig eierandeler ved en eventuell utvidelse av infrastrukturen til mer enn 1,5 millioner tonn CO2 per år.»
Staten har fleire verkemiddel for å støtte forsking, utvikling og demonstrasjon av nye teknologiar/produkt. Det har blitt gitt betydeleg støtte til teknologiutvikling og demonstrasjonsanlegg for CO2-handtering. Statlig eigarskap er ikkje eit eigna verkemiddel for å realisere prosjekt med høg risiko og usikkert inntektspotensial. Statleg eigarskap i Northern Lights er på usikkert grunnlag anslått å ville gi offentlege utgifter på 3–6 mrd. kroner de nærmaste åra, mot ei potensiell, men svært usikker framtidig inntekt. Dette kjem i tillegg til tilskota på inntil 19,4 mrd. 2022-kroner som staten allereie har forplikta seg til for Langskip.
Vellykka kommersialisering av lagerkapasitet kan gi inntekter til prosjektet. Avkastninga for eigarane i Northern Lights vil vere avhengig av inngangspris for eigardelar, nivået på investerings- og driftskostnadene og eventuelle tariffinntekter. Interessa frå europeisk industri og andre verkar lovande, men det er stor usikkerheit rundt eventuelle inntekter og avkastning frå prosjektet.
Gjennom tilskotsavtalane påtar staten seg allereie betydelege kostnader og risiko. Statleg eigarskap i Northern Lights ville innebere ytterlegare kostnader og risiko for staten. Olje- og energidepartementet har utforma tilskotsavtalane slik at Northern Lights har sterke insentiv til å kommersialisere kapasiteten i lageret. Northern Lights vil tape pengar dersom dei ikkje lykkast.
Tilskotsmodellen er utforma for effektivt å oppnå eit av måla regjeringa har med Langskip; å bidra til å skape verdikjeder for CO2-handtering i Europa.
Det er allereie etablert avtalevilkår som vil sørge for at staten får ein del av gevinsten i det tilfelle Northern Lights og Norcems fangstanlegg skulle oppnå høg avkastning. Dersom Northern Lights i løpet av den tiårige driftsperioden oppnår ei årleg realavkastning på over 10 prosent, skal netto kontantstraum frå det tidspunktet delast med 50 prosent til staten. Dersom den årlege realavkastninga overstig 13,5 prosent, skal 75 prosent av netto kontantstraum gå til staten. Det er grunn til å påpeike at denne realavkastninga blir berekna på bakgrunn av transport- og lageraktøranes bidrag som utgjer om lag 27 prosent av kostnadene til prosjektet i fase 1, jf. Meld. St. 33 (2019–2020). I tillegg kan staten ved eventuelle framtidige løyve i samsvar med CO2-lagringsforskrifta bestemme at staten skal delta i det enkelte løyvet for CO2-lagring. Northern Lights forhandlar med fleire europeiske industriaktørar som vurderer å inngå avtalar for bruk av lageret. Forhandlingar om statleg eigarskap vil kunne forseinke framdrifta i desse forhandlingane. For Norcems fangstanlegg er det i tillegg til deling av kontantstraum ein mekanisme for å redusere driftstilskotet, dersom eit gitt avkastningsnivå blir oppnådd.
På bakgrunn av det som er nemnt over, vurderer Olje- og energidepartementet at det ikkje er formålstenleg å gå vidare med forhandlingar om statleg eigarskap i Northern Lights.
8.2 Inntekter frå framtidige utnyttingsløyve for CO2-lagring
Stortingets oppmodingsvedtak nr. 159, 3. desember 2020:
«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget om hvordan staten kan ta en del av inntektene fra fremtidige utnyttelsestillatelser for CO2-lagring. Vurderingen skal inkludere skattlegging og alternativer for statlige eierskap herunder SDØE-modell.»
Dei norske petroleumsressursane tilhøyrer fellesskapen, og utnyttinga av dei gir ei ekstraordinært høg avkastning (kalla grunnrente). Det er derfor eigne fiskale verkemiddel for å sikre fellesskapen ein stor del av overskotet i petroleumsverksemda. I tillegg til ordinær selskapsskatt (22 prosent) er verksemda ilagd ein særskatt (56 prosent). Staten deltar også direkte i verksemda gjennom sitt direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda (SDØE), der staten, på lik linje med selskapa, dekker ein andel av alle investeringar og driftskostnader og mottar inntekter tilsvarande ein andel av produksjonen. Kostnadene ved Langskip og Northern Lights inngår ikkje i petroleumsverksemda.
Staten kan i samsvar med CO2-lagringsforskrifta bestemme at staten skal behalde andelar i det enkelte løyvet for CO2-lagring. Lagring av CO2 er i dag avhengig av betydeleg offentleg støtte for å kunne gjennomførast. I dag er det ingen forventningar om ekstraordinær avkastning ved lagring av CO2 som kan grunngi grunnrenteskattlegging. Det er ikkje aktuelt å innføre grunnrenteskatt eller statlege eigardelar for CO2-lagring på sokkelen no.
8.3 Oppfølging av kostnads- og risikokontroll i Langskip
Stortingets oppmodingsvedtak nr. 160, 3. desember 2020:
«Stortinget ber regjeringen følge tett opp kostnads- og risikokontroll i Langskip, på en slik måte at potensielle vesentlige negative avvik i prosjektene identifiseres tidlig, og at regjeringen bruker avtalens handlingsrom til å holde statens kostnader så lave som mulig.»
Eit sentralt prinsipp i gjennomføringa av Langskip er at det er industriaktørane sjølve som har ansvaret for å bygge og drive anlegga. Staten har lagt ned ein betydeleg innsats i å utarbeide reguleringar og avtaleverk for å gi industrien gode insentiv for kostnads- og risikokontroll. Kostnads- og risikofordelinga er mellom anna nøye regulert i tilskotsavtalar mellom staten og industriaktørane. Tilskotsavtalane er eit viktig verktøy for å legge til rette for ei vellykka gjennomføring av delprosjekta.
Gjennom tilskotsavtalane er det etablert eit omfattande rapporterings- og varslingsregime som skal sørge for at det tidleg blir informert om avvik. Gassnova står for den løpande oppfølginga av industriaktørane og har faste møte med dei for å følge opp prosjektutviklinga. Industriaktørane har plikt til å varsle både Gassnova og Olje- og energidepartementet ved vesentlege avvik.
Olje- og energidepartementet godkjende i februar utbygginga av Northern Lights fase 1 etter Stortingets behandling, jf. Meld. St. 33 (2019–2020) og Innst. 143 S (2020–2021). Det går fram av meldinga at det kunne bli aktuelt å bore ein injeksjonsbrønn nr. 2 etter oppstart av prosjektet. Eigarane av Northern Lights søkte i april 2021 departementet, i medhald av lagringsforskrifta § 4-5 siste ledd, om godkjenning av ein injeksjonsbrønn nr. 2 allereie før oppstart. Departementet har søknaden til behandling og tar sikte på å fatte vedtak etter lagringsforskrifta.
Kostnadene for ein injeksjonsbrønn nr. 2 er omfatta av styrings- og kostnadsrammen for Langskip som er omtalt i Prop. 1 S (2020–2021) og Meld. St. 33 (2019–2020). Forslag til løyving for 2022 omfattar derfor eventuelle kostnader til ein brønn nr. 2.
Industriaktørane vil leggje fram oppdaterte kostnadsestimat i løpet av oktober 2021. Eit førebels og usikkert anslag viser at investeringskostnadene til prosjektet hos Norcem vil auke med totalt om lag 300 mill. kroner. For Northern Lights viser eit førebels og usikkert anslag ein mogleg reduksjon i prosjektkostnadene på om lag 100 mill. kroner over prosjektperioden. Olje- og energidepartementet vil komme tilbake med kvalitetssikra estimat til Stortinget på eigna måte.
8.4 Organiseringa av Langskip og teknologiutvikling
Stortingets oppmodingsvedtak nr. 184, 3. desember 2020:
«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med en redegjørelse for hvordan Langskip er organisert, hvem som eier teknologien som blir utviklet og demonstrert og hvordan det kan legges til rette for at samfunnet får mest mulig igjen for at teknologien blir utviklet og demonstrert gjennom statlig støtte.»
Olje- og energidepartementet er ansvarleg for regjeringas ambisjon om å realisere fullskala CO2-handtering, inkludert å oppfylle dei måla staten har med Langskip. Som hovudgrep for å oppnå dette er det bestemt at ein skal gi tilskot til industriaktørane, som skal bygge og drifte sine eigne anlegg, og i tillegg gjennomføre tiltak for gevinstrealisering i tråd med tilskotsavtalane.
Industriaktørane har valt teknologi og teknologileverandørar. Olje- og energidepartementet følger opp at industriaktørane bygger og driv anlegga sine i tråd med rammene som er gitt i tilskotsavtalane. Olje- og energidepartementet har gitt Gassnova fullmakt til å representere staten i den løpande oppfølginga av tilskotsavtalane.
Ved etablering av anlegga blir det brukt teknologi som er tilgjengeleg i marknaden. Valet av teknologi skal bidra til erfarings- og kunnskapsoverføring til andre CO2-handteringsprosjekt og til nasjonalt og internasjonalt forskings- og utviklingsarbeid i samsvar med det som er formålet med tilskotsavtalen.
Teknologi som blir utvikla av tilskotsmottakarane eller tilknytte selskap med heil eller delvis finansiering frå tilskot i samsvar med tilskotsavtalen, vil vere eigd av tilskotsmottakarane. Tilskotsavtalen stiller som vilkår at denne teknologien skal gjerast tilgjengeleg i heile EØS-området, anten gjennom patentering og lisensiering eller ved publisering. Teknologien som blir utvikla, skal gjerast tilgjengeleg på marknadsmessige vilkår, publiserast særskilt eller gjerast tilgjengeleg gjennom kunnskapsdeling. Tilskotsmottakarane skal så langt som mogleg ta inn tilsvarande forpliktingar i leverandørkontraktar for teknologi som blir utvikla av leverandørane.
Gjennom tilskotsavtalene er staten også sikra rettigheiter til å bruke teknologi som blir utvikla av tilskotsmottakarane i eventuelle andre CO2-handteringsprosjekt, og til forskings- og utviklingsformål som staten heilt eller delvis finansierer. Staten skal også ha rett til å sub-lisensiere slik teknologi til andre tilskotsmottakarar for desse formåla. Eventuelle framtidige CO2-håndteringsprosjekt i Noreg må konkurrere om investerings- og driftsstøtte frå dei generelle støtteordningane som Enova og EUs innovasjonsfond. Staten vil ikkje gå inn i direkte forhandlingar om statsstøtte med enkeltaktørar.
Regjeringas mål med Langskip er at demonstrasjon av CO2-handtering skal gi den nødvendige utviklinga av CO2-handtering, slik at ein kan nå dei langsiktige klimamåla i Noreg og EU til lågast mogleg kostnad, jf. Meld. St. 33 (2019–2020).
Arbeidet med å realisere gevinstar av Langskip skal gjennomførast både av departementet, industriaktørane og Gassnova. Gjennom tilskotsavtalane er industriaktørane forplikta til aktivt å arbeide for kunnskapsdeling, med krav om fast rapportering til Gassnova. Gassnova har også utarbeidd ein gevinstrealiseringsplan som sørger for ei strukturert oppfølging av arbeidet med å leggje til rette for at samfunnet får mest mogleg igjen for at teknologien blir utvikla og demonstrert med statleg støtte.
For Northern Lights er det sterke insentiv til forretningsutvikling for lageret. Transport- og lagerinfrastrukturen som blir utvikla, er av stor betydning for å oppnå samfunnsverdiar frå Langskip. Samfunnet kan få verdiar både ved at lagerinvesteringa kjem til nytte for fleire, og ved at tilgangen på lagringsinfrastruktur bidrar til innovasjon og utvikling av teknologi, reguleringar og kommersielle modellar for etterfølgande CO2-handteringsprosjekt. Tilgang på lagerinfrastrukturen vil også kunne bidra til produksjon av produkt med lågt CO2-fotavtrykk.
Erfaringsdeling frå fangstprosjekta og heile CO2-handteringskjeda vil også vere viktig for å oppnå samfunnsverdiane av prosjektet. Samfunnsøkonomisk lønnsemd er avhengig av at prosjektet blir eit godt demonstrasjonsprosjekt som blir etterfølgd av andre, og den er dermed sterkt avhengig av klimapolitikken internasjonalt.
8.5 Utnytting av teknologien som blir utvikla i Langskip i Noreg
Stortingets oppmodingsvedtak nr. 185, 3. desember 2020:
«Stortinget ber regjeringen legge til rette for at så mye som mulig av teknologien som blir utviklet og demonstrert i Langskip og øvrig læring fra prosjektet blir utnyttet i Norge.»
Langskip etablerer ein fleksibel transport- og lagringsinfrastruktur med overkapasitet. Dette gir grunnlag for at fleire norske aktørar skal kunne investere i CO2-fangstprosjekt eller hydrogenproduksjon frå naturgass. Eventuelle framtidige CO2-handteringsprosjekt i Noreg må konkurrere om investerings- og driftsstøtte frå generelle støtteordningar som Enova og EUs innovasjonsfond. Staten vil ikkje gå inn i direkte forhandlingar med enkeltaktørar om statsstøtte.
Gjennom CLIMIT-programmet kan ein allereie sjå ein effekt av Langskip mellom anna gjennom planar om CO2-fangstprosjekt for fleire industriklynger, hos store industrikonsern og hos avfallsforbrenningsanlegg. Det er også vist interesse for moglege industrietableringar i nærleiken av Northern Lights mottaksanlegg for CO2 i Øygarden.
Langskip gjer næringsverksemd mogleg for leverandørane i heile CO2-handteringskjeda (fangst, transport og lagring av CO2). Aker Carbon Capture har gjennom fleire år utvikla teknologien sin med støtte frå CLIMIT-programmet og hausta erfaringar frå testsenteret på Mongstad (TCM). Selskapet er leverandør av fangstteknologi til Norcems CO2-fangstprosjekt i Langskip og involvert i ei rekke etterfølgande prosjekt og studiar internasjonalt. Som følge av CLIMIT har Noreg fleire teknologileverandørar i CO2-handteringskjeda som har utvikla løysingar som no har internasjonale marknadsmoglegheiter som følge av at Langskip skaper etterspørsel i marknaden. NORWEP og Gassnova gjennomfører no ei kartlegging av desse aktørane og deira målsettingar for forretningsutvikling innan CO2-handtering internasjonalt.
Langskip vil etablere ein infrastruktur som også kan leggje til rette for næringsutvikling knytt til dei geologiske ressursane på norsk sokkel og tilhøyrande kompetanse mogleg, både ved at vi over tid kan utvikle CO2-skipstransport og CO2-lagring som moglegheiter for eksport, og ved at CO2-lagring opnar opp for ei mogleg utnytting av gassressursane på norsk sokkel, for eksempel ved hydrogenproduksjon, i framtida.
Industriaktørane i Langskip forpliktar seg gjennom dei inngåtte tilskotsavtalane til å ta del i kunnskapsdeling og til å gjere teknologi tilgjengeleg internasjonalt og med norske aktørar.
9 Null- og lågutsleppsløysingar for offshorefartøy i petroleumsproduksjon
Stortinget fatta i samband med behandlinga av Prop. 113 L (2019–2020) og Innst. 351 L (2019–2020) oppmodingsvedtak 683, 12. juni 2020, jf. punkt 5.2 i proposisjonens Del I:
«Stortinget ber regjeringen legge frem forslag som sikrer null- og lavutslippsløsninger for offshorefartøy i petroleumsproduksjon.»
I Meld. St. 10 (2020–2021) Grønnere og smartere – morgendagens maritime næring, og Meld. St. 13 (2020–2021) Klimaplan for 2021–2030, varsla regjeringa at dei ville komme tilbake til Stortinget i 2021 med ein plan for korleis dette oppmodingsvedtaket frå Stortinget skulle følgast opp.
Petroleumsnæringa ligg langt framme i å kontrahere skip som bruker utsleppsreduserande teknologi. Fleire operatørselskap har stilt krav om eksempelvis batterihybride skip, landstraum og energieffektivisering ved nye langtidskontraktar. Segmentet står for om lag 23 prosent av dei totale utsleppa frå innanriks sjøfart og fiske, og Klimakur 2030 angav eit utsleppsreduksjonspotensial i perioden 2021–2030 på om lag 100 000 tonn årleg i gjennomsnitt frå forsyningsfartøy og andre spesialfartøy knytte til petroleumsverksemda. Det utgjer ein reduksjon på om lag 1 million tonn CO2-ekvivalentar i perioden. Næringa har gjennom KonKraft sett seg eit mål om 50 prosent klimagassreduksjon i 2030 samanlikna med 2008 for utslepp frå den maritime delen av petroleumssektoren.
Låg- og nullutsleppsløysingar omfattar mellom anna energieffektivisering, batteriteknologi, landstraum, hydrogen, ammoniakk og biodrivstoff. Også andre teknologiar/løysingar kan bli aktuelle framover.
Klimaavgifter er det viktigaste verkemiddelet myndigheitene har for å redusere utslepp i ikkje-kvotepliktig sektor. Utslepp frå offshorefartøy som er i bruk i petroleumsnæringa, er i dag omfatta av CO2-avgift, og det kan også søkast om støtte frå Enova til energi- og klimatiltak for desse fartøya. I Meld. St. 13 (2020–2021) presenterte regjeringa ein plan for å auke CO2-avgifta på ikkje-kvotepliktige utslepp av klimagassar til om lag 2 000 2020-kroner per tonn CO2 i 2030. Ein slik avgiftsauke gir aktørane større insentiv til ytterlegare utsleppsreduksjonar frå den maritime verksemda knytt til næringa.
Både FNs sjøfartsorganisasjon (IMO) og EU arbeider med regulering av klimagassutslepp. Så langt ligg det ikkje føre konkrete krav til offshoreskip.
For å følge opp handlingsplanen for grøn skipsfart og oppmodingsvedtak 683 som varsla i Meld. St. 10 (2020–2021) og Meld. St. 13 (2020–2021) fekk Sjøfartsdirektoratet i 2020 i oppdrag å vurdere eventuelle krav til låg- og nullutsleppsløysingar for offshorefartøy i petroleumsproduksjonen.
Sjøfartsdirektoratet har vurdert korleis låg- og nullutsleppskrav kan sjå ut i form av anten energiberarkrav eller utsleppskrav. Vidare har direktoratet vurdert kva fartøy som eventuelt kan omfattast av krav. Direktoratet har utforma ein definisjon som omfattar skip som blir brukt i ein støttefunksjon for offshoreinstallasjonar i petroleumsverksemd, under dette forsyningsfartøy, ankerhandterings- og slepefartøy, brønnstimuleringsfartøy og beredskapsfartøy.
Direktoratet har også vurdert korleis ei trinnvis innfasing basert ulike utsleppsnivå eventuelt kan sjå ut, utsleppsreduksjonspotensial, teknologiske moglegheiter for å overhalde eit eventuelt krav og laga eit grovt anslag på tiltakskostnader ved høvesvis energiberarkrav og utsleppskrav. Departementet vil arbeide vidare med direktoratet sine vurderingar.
Sjøfartsdirektoratet har i den tida som har vore til disposisjon, ikkje hatt høve til å greie ut alle forholda som er nødvendige for å utarbeide eit heilskapleg avgjerdsgrunnlag. Direktoratet har i utgreiinga identifisert ein del utfordringar som må vurderast før det kan vere aktuelt å foreslå krav om låg- og nullutsleppsløysingar for dei aktuelle gruppene av offshorefartøy:
Risikoen for utflagging, karbonlekkasje ved tanking i utlandet eller liknande og konkurransemessige sider ved at det eventuelt blir stilt særkrav til norske fartøy, må vurderast.
Moglege utfordringar for skipssikkerheita knytte til alternative drivstoff som ammoniakk og hydrogen, særleg dersom slik teknologi skal installerast på eksisterande skip, må vurderast. Sjøfartsdirektoratet påpeiker at det å stille krav om umoden teknologi med mange uavklarte sikkerheitsaspekt er problematisk, og at det for eventuelle krav derfor er viktig å sette tidsrammer som gir rom for teknologiutvikling og varetar alle sikkerheitsaspekta.
Dersom det blir stilt for store krav for tidleg og biodrivstoff ikkje kan inngå i energimiksen, er det ein reell fare for at det ikkje vil vere nok tilgjengelege fartøy på norsk sokkel til å utføre dei oppgåvene som trengst.
Det må vurderast om det er mogleg å handheve eventuelle krav på ein god måte.
I utgreiinga er ikkje konsekvensen av den varsla auken i CO2-avgifta vurdert. Det gjeld både effekten av avgifta på utslepp og om krav då vil vere eit godt eigna verkemiddel. Det er heller ikkje vurdert om krav vil vere betre eigna enn avgift. Ei utfordring med avgift vil vere karbonlekkasje, men sidan dette også vil vere ei utfordring ved krav, er det gode grunnar til å tru at avgift vil kunne vere eit meir effektivt verkemiddel.
Nærmare vurderingar av enkelte forhold vil bli gjorde i det vidare arbeidet, inkludert vurderingar knytte til handlingsrommet for å stille nasjonale krav til offshorefartøy i lys av havretten og EU/EØS-retten.
Departementet har på dette tidspunkt ikkje eit avgjerdsgrunnlag som gjer det forsvarleg no å legge fram konkrete forslag for å sikre null- og lågutsleppsløysingar for offshorefartøy i petroleumsproduksjon, mellom anna å legge fram noko konkret knytt til nye krav og innfasing av desse krava i 2022.
Departementet tar sikte på å arbeide vidare med dei problemstillingane Sjøfartsdirektoratet har identifisert, og behovet for slike krav sett i lys av den varsla auken i CO2-avgifta og annan verkemiddelbruk. Arbeidet vil konsentrere seg om dei fartøygruppene Sjøfartsdirektoratet har identifisert. Departementet vil også arbeide vidare med spørsmåla om kva det å stille krav vil medføre knytt til havretten og EU/EØS-retten. Departementet tar sikte på å gi ein status for arbeidet seinast i samband med budsjettet for 2023.
10 Prosjekt under utbygging
Status for utbyggingsprosjekta
Før utbygging, drift og transport kan skje på norsk kontinentalsokkel, må det leverast ein plan for utbygging og drift (PUD) eller ein plan for anlegg og drift (PAD) til godkjenning hos myndigheitene. Det er dei ulike rettshavargruppene som har ansvaret for å gjennomføre utbygginga i samsvar med den godkjende utbyggingsplanen.
I dette kapittelet følger ein omtale av utviklinga for dei prosjekta som har fått PUD/PAD godkjende av myndigheitene, men som framleis er under utbygging, eller dei prosjekta som har komme i produksjon etter rapporteringa i fjor. Per 31. august var det 13 pågåande utbyggingsprosjekt eller feltutbyggingar på norsk sokkel. Dette inkluderer eitt kraft-frå-land-prosjekt og Hywind Tampen-prosjektet. Ni av prosjekta er i Nordsjøen, tre er i Norskehavet, og eitt er i Barentshavet. Seks utbyggingsprosjekt er ferdigstilte og sette i produksjon etter 1. august 2020: Dvalin, Snorre Expansion Project, Tor II, Martin Linge, Duva og Troll fase 3. Departementet har som bakgrunn for omtalen henta inn oppdaterte opplysningar per august 2021 frå operatørselskapa for dei ulike prosjekta.
I 2020 mottok myndigheitene to utbyggingsplanar med ei total investeringsramme på rundt 25 mrd. kroner: Hod nyutvikling og Breidablikk. Departementet mottok i 2020 også ein utbyggingsplan for elektrifisering av Sleipner-feltet, gjennom ein endra utbyggingsplan.
Olje- og gassnæringa er ein global og syklisk industri. Alle utbyggingsprosjekt har leveransar frå mange ulike bedrifter i inn- og utland. Store offshore olje- eller gassprosjekt er komplekse prosjekt som omfattar mange aktivitetar, som gjerne er gjensidig avhengige av andre delar av prosjektgjennomføringa for å lykkast. Aktivitetar går føre seg på ulike geografiske stader, og det krev utstrekt kommunikasjon og godt samarbeid mellom aktørane. At næringa i sin natur er syklisk, aukar kompleksiteten ved at det påverkar tilgangen på varer og tenester av god kvalitet over tid. God planlegging og kontrollstyring i gjennomføringa er viktig for å lykkast.
Pandemien og tiltaka for å avgrense smitte har skapt ekstra store utfordringar for utbyggingsaktiviteten på kontinentalsokkelen. Det har vore innført strenge smitteverntiltak gjennom pandemien, noko som har påverka dei pågåande prosjekta på ulike måtar. Utanlandske arbeidarar har blitt sende heim frå norske offshoreverft, og tiltak på byggestader utanfor Noreg har ført til betydeleg redusert bemanning i periodar. Innreiserestriksjonar og karantenereglar har redusert tilgangen på arbeidskraft ytterlegare. Dei norske verfta har i periodar måtta redusere produksjonen vesentleg, noko som har ført til forseinkingar og kostnadsauke. Modifikasjonsarbeid til havs i tilknyting til utbyggingar er blitt redusert fordi bemanninga på innretningane har vore mellombels redusert som ein del av smitteverntiltaka. Maritime operasjonar knytte til pågåande utbyggingar har likevel i stor grad blitt gjennomførte trass pandemien.
Dei globale leverandørkjedene er også ramma av smitteverntiltak. Nokre underleverandørar har måtta stanse drifta, medan andre har opplevd mindre eller forseinka leveransar på grunn av mangel på arbeidskraft og fordi verdikjeder heilt eller delvis har stoppa opp. Samla bidrar dette til betydelege forseinkingar og store ekstrakostnader i fleire prosjekt. Det er framleis stor usikkerheit rundt investeringsanslaga for fleire pågåande prosjekt som følge av pandemien.
Utbyggingar på norsk sokkel kjøper inn varer og tenester frå ein internasjonal marknad. Utviklinga i prisane på varer og tenester ved utbyggingar på norsk sokkel er derfor i betydeleg grad påverka av internasjonale forhold. Dei siste åra har krona svekt seg. Målt i norske kroner har derfor dei delane av prosjektet der kostnadene har vore i utanlandsk valuta, auka. Dette utgjer ein betydeleg auke i investeringsanslaget for fleire prosjekt.
Status for utbyggingsprosjekta
Forskjellen mellom investeringsoverslaga til operatørane på PUD/PAD-tidspunktet og overslaga deira per august 2021 og endringa i investeringsoverslaget sidan fjorårets rapportering i Prop. 1 S (2020–2021) frå Olje- og energidepartementet går fram av tabell 10.1 og 10.2.
Samla sett har prosjekta under utbygging no anslåtte investeringar på om lag 239 mrd. kroner mot 204 mrd. kroner ved PUD/PAD-tidspunktet. Tilsvarande har prosjekta som er sette i produksjon det siste året, oppdaterte investeringar på om lag 111 mrd. kroner mot 84 mrd. kroner ved PUD/PAD-tidspunktet.
På investeringstidspunktet er det usikkerheit også knytte til kor høge investeringar eit prosjekt vil medføre. Kostnadsoverslaga i PUD/PAD har eit usikkerheitsspenn på +/-20 prosent. Porteføljen av prosjekt inneheld både prosjekt med lågare investeringar enn anslått på investeringstidspunktet og prosjekt med betydeleg høgare investeringar. Erfaringsmessig endar dei fleste utbyggingane på norsk sokkel innanfor usikkerheitsspennet i PUD/PAD.
Oljedirektoratet har gått igjennom 66 utbyggingsprosjekt på norsk sokkel i perioden 2007–2018 (Prosjektgjennomføring på norsk sokkel (2020)). Gjennomgangen viste at dei fleste av prosjekta endar opp med utbyggingskostnader i samsvar med estimata i planane for utbygging og drift. I overkant av 80 prosent av prosjekta i utvalet har enda med kostnader innanfor usikkerheitsspennet eller lågare. Undervassutbyggingar går svært ofte som planlagt, og 90 prosent av desse prosjekta blir ferdigstilte i samsvar med eller lågare enn kostnadsestimatet i PUD. Plattformutbyggingar er erfaringsmessig meir utfordrande; gjennomgangen viste at 71 prosent av desse prosjekta endar opp med eller er i ferd med å byggast ut i samsvar med kostnadsestimata.
Eit mindretal av prosjekta på norsk sokkel har opp gjennom historia enda opp med utbyggingskostnader utanfor usikkerheitspennet på +/- 20 prosent. 15 av 19 prosjekt som no er under utbygging eller har komme i produksjon etter 1. august 2020, har kostnadsoverslag som er innanfor usikkerheitsspennet. Dei fire prosjekta som er utanfor, ligg på oversida av usikkerheitsspennet. Sett under eitt for alle prosjekta har dei totale investeringane auka med rundt 22 prosent samanlikna med det som blei rapportert ved innleveringa av PUD/PAD. Her bidrar prosjekt som Martin Linge og Njord betrakteleg.
Basert på innrapporteringa har departementet berekna internrenta for prosjektporteføljen og verdien av å føre vidare prosjekta. Internrenta for eit prosjekt/ei gruppe av prosjekt er definert som den renta som gjer netto noverdi lik null. Noverdien er dagens verdi av historiske og framtidige kontantstraumar. Dei historiske kontantstraumane er kjende, medan dei framtidige er anslått basert på oppdaterte forventningar frå operatørane. Internrenta er òg eit prosentmål på avkastning på investeringa. Internrenta tilsvarar det avkastningskravet som gjer noverdien lik null. Investeringar med ei internrente som er høgare enn avkastningskravet, er lønnsame. Internrenta til den samla porteføljen av prosjekt under utbygging frå PUD-tidspunktet er berekna til rundt 20 prosent.
Verdien ved å føre vidare prosjektporteføljen er berekna ved noverdien til dei framtidige kontantstraumane frå prosjekta. Allereie gjennomførte investeringar (og eventuell produksjon) kan ikkje påverkast og er derfor ikkje inkluderte i berekninga av verdien ved å føre vidare prosjekta. Samla har prosjekta ein berekna forventa noverdi framover på 748 mrd. kroner med 7 prosent kalkulasjonsrente reelt før skatt og 937 mrd. kroner med 4 prosent kalkulasjonsrente. Noverdien må vere positiv før utbyggingane er lønnsame å føre vidare.
Tabell 10.1 Investeringsanslag, prosjekt under utbygging
(i mill. 2021-kroner) | ||||||
---|---|---|---|---|---|---|
PUD/PAD- godkjent | PUD/PAD-estimat | Nye anslag | Endring frå i fjor | Totalendring | Totalendring i pst. | |
Njord Future | 2017 | 16 356 | 29 481 | 4 300 | 13 125 | 80 |
Bauge | 2017 | 4 257 | 4 263 | 136 | 6 | 0 |
Johan Castberg | 2018 | 51 198 | 59 092 | 4 650 | 7 894 | 15 |
Fenja | 2018 | 11 066 | 11 686 | 184 | 620 | 6 |
Nova | 2018 | 10 174 | 10 991 | 740 | 817 | 8 |
Yme New Development | 2018 | 8 927 | 11 915 | 579 | 2 988 | 33 |
Sverdrup Byggetrinn II | 2019 | 44 583 | 46 893 | 1 285 | 2 310 | 5 |
Solveig | 2019 | 6 709 | 6 818 | -107 | 109 | 2 |
Hod Nyutvikling | 2020 | 5 856 | 6 166 | – | 310 | 5 |
Balder Future | 2020 | 20 024 | 26 835 | 6 811 | 6 811 | 34 |
Breidablikk | 2021 | 18 990 | 19 110 | – | 120 | 1 |
Hywind Tampen | 2020 | 4 921 | 5 268 | 264 | 347 | 7 |
Sleipner Kraft fra land | 2021 | 849 | 825 | – | -24 | -3 |
Sum | 203 910 | 239 343 | 18 842 | 35 433 | 17 |
Tabell 10.2 Investeringsanslag, prosjekt som er ferdigstilte etter 1. august 2020
(i mill. 2021-kroner) | ||||||
---|---|---|---|---|---|---|
PUD/PAD- godkjent | PUD/PAD-estimat | Nye anslag | Endring frå i fjor | Totalendring | Totalendring i pst. | |
Martin Linge | 2012 | 31 434 | 63 091 | 1 103 | 31 657 | 101 |
Dvalin | 2017 | 11 327 | 10 193 | -555 | -1 134 | -10 |
Snorre Expansion Project (SEP) | 2018 | 20 894 | 18 269 | -1 605 | -2 625 | -13 |
Troll Fase 3 Trinn 1 | 2018 | 8 076 | 8 557 | -42 | 481 | 6 |
Tor II | 2019 | 6 300 | 6 176 | -669 | -124 | -2 |
Duva | 2019 | 5 675 | 5 197 | -92 | -478 | -8 |
Sum | 83 706 | 111 483 | -1 860 | 27 777 | 33 |
Nærmare omtale av enkeltprosjekt
Prosjekt under utbygging
Utbyggingsprosjekta som fekk utbyggingsplanen godkjend i 2020, er alle i tidleg utbyggingsfase og har investeringsanslag godt innanfor usikkerheitsspennet i PUD, bortsett frå Balder Future-prosjektet, som blir omtalt under.
Under følger ein nærmare omtale av dei enkeltprosjekta som framleis er under utbygging og i dag har forventa investeringar 10 prosent over eller under anslaget i PUD/PAD.
Njord Future
Njord Future-utbygginga inneber ei stor oppgradering av Njord A og Njord Bravo som har vore i bruk på feltet sidan oppstarten i 1997. Njord A er ei flytande stålinnretning med integrert bore- og prosessanlegg. Njord Bravo er eit lagerskip med nokre tilleggsfunksjonar. Prosjektet gjer det også mogleg å bygga ut Bauge- og Fenja-felta som begge er under utbygging og vert kopla opp til Njord A.
Sidan PUD har investeringsanslaget auka med 13 125 mill. kroner, eller 80 prosent. Auken skuldas vekst i arbeidsomfang og pandemien.
Omfattande utskiftingar på begge installasjonane med tilhøyrande prosjektering har vore nødvendig og meir omfattande enn venta. På begge installasjonane har det også vore nødvendig med endringsarbeid i område der det ikkje var planlagt, noko som har medført forseinkingar.
Smitteverntiltak og restriksjonar har ramma prosjektet. Det har i periodar vore stor mangel på arbeidskraft som følge av innreiserestriksjonar til Noreg. Dette har påverka produktiviteten, ført til auka kostnader og forlengt prosjektgjennomføring som gir utsett produksjonsstart. Operatøren har estimert at i overkant av 70 prosent av kostnadsauken frå i fjor skuldast pandemien.
Sidan same rapportering i fjor har kostnadsestimatet auka med 4 300 mill. kroner. Dette kjem av forlengd prosjektgjennomføring og utsett produksjonsoppstart på grunn av pandemien, dårleg produktivitet, ytterlegare utbetringar samt auka arbeidsomfang relatert til uteståande tekniske og operasjonelle avklaringar. Planlagd produksjonsoppstart er fjerde kvartal 2022.
Balder Future
Balder Future-prosjektet inneber at produksjons- og lagerskipet Jotun FPSO gjennomgår ei oppgradering og forlenging av levetida før det blir plassert ut sentralt mellom Balder- og Ringhornefelta i Nordsjøen. Prosjektet er ein del av ein større områdeutviklingsplan.
Sidan PUD, har investeringsanslaget auka med 6 811 mill. kroner, noko som tilsvarar ein auke på 34 prosent. Fleire faktorar speler inn på auken i anslaget. Betydelege utfordringar knytte til pandemien har påverka utstyrsleveransar og tilgjengeleg bemanning på verftet, noko som i vesentleg grad har påverka framdrifta i prosjektet. I tillegg har arbeidsomfanget blitt meir omfattande enn føresett, særleg knytt til Jotun FPSO. Planlagd oppstart av produksjonen er no fjerde kvartal 2023.
Yme New Development
Yme New Development er ei reutbygging av Yme-feltet. Produksjonen skal skje via ei flyttbar bore- og produksjonsplattform som er oppgradert.
I Yme New Development-prosjektet er det rapportert om ein auke i investeringsanslaga på 2 988 mill. kroner, noko som utgjer 33 prosent auke sidan PUD.
Sidan same rapportering i fjor har investeringsanslaget auka med 579 mill. kroner. Årsaka er kostnader for modifikasjonsarbeid på produksjonsplattforma og pandemien som har ført til vesentlege forseinkingar på verftet i Noreg og tilhøyrande auka kostnader. Ein annan risikofaktor for utbygginga er knytt til oppstart av brønnar som tidlegare er bora på feltet.
Plattforma er no installert ute på feltet og antatt produksjonsstart er fjerde kvartal 2021.
Johan Castberg
Johan Castberg-feltet blir bygd ut med eit havbotnanlegg knytt til eit flytande produksjonsskip (FPSO).
Sidan PUD var det ei positiv kostnadsutvikling fram til prosjektet, spesielt bygginga av produksjonsskipet, blei ramma av pandemien i fjor. Smitteverntiltak og redusert tilgang på arbeidskraft har ført til forseinka leveransar frå verft i Singapore og Noreg. Konsekvensane av pandemien har vore størst i Singapore, der verftet blei stengt ned ein lang periode og framleis har redusert tilgang på arbeidskraft på grunn av innreiserestriksjonar og smitteverntiltak. I tillegg har prosjektet hatt utfordringar med framdrifta og kvalitetsavvik i sveising i Singapore. Auken i kostnader relatert til produksjonsskipet er motverka av ei positiv kostnadsutvikling på havbotnanlegg, marine operasjonar, boring og komplettering.
Sidan PUD blei godkjend i juni 2018, har estimerte kostnader auka med 1 934 mill. kroner. Det er i tillegg estimert eit valutatap på 5 960 mill. kroner på grunn av ei svekt norsk krone. Netto auke frå PUD, inkludert valutatap, er no på 7 894 mill. kroner, ein kostnadsauke på om lag 15 prosent sidan PUD.
Sidan same rapportering i fjor har investeringsanslaget auka med 4 650 mill. kroner, inkludert valutaeffektar på 1 496 mill. kroner. Dette kjem i hovudsak av strenge smitteverntiltak i Singapore. Det er no venta at skroget vil segle frå Singapore til Stord første kvartal 2022.
Planlagd oppstart av produksjonen er utsett til fjerde kvartal 2024. Hovudårsaka til forseinkinga er pandemien.
Prosjekt som er sette i drift
For prosjekta som er sette i produksjon det siste året, er utbyggingsrisikoen over. Her følger ein nærmare omtale av Martin Linge-prosjektet, som ikkje er gjennomført med investeringar innanfor usikkerheitsspennet i PUD på +/–20 prosent.
Martin Linge
Martin Linge-feltet blei sett i produksjon i juni 2021. Martin Linge er ei sjølvstendig utbygging som består av ei botnfast plattform med prosessering av olje og gass.
Sidan PUD har investeringsanslaget auka med 31 657 mill. kroner, eller med 101 prosent. Auken er i hovudsak knytt til forseinkingar og endringar som har gitt auka kostnader for plattformdekket, auka arbeidsomfang for samankopling og ferdigstilling av plattforma og forlengd byggetid. Årsaka til auken i arbeidsomfanget er i stor grad manglar knytte til design som har blitt utbetra for å sikre ein trygg oppstart og produksjon. Kostnader relaterte til boring har auka som følge av inkludering av tre nye brønnar, kostnader for bruk av rigg til innkvartering i offshoreoppkoplingsperioden og høgare riggratar. I tillegg har pandemien ført til auka kostnader og forlengd gjennomføringstid for prosjektet. Valutatap på grunn av ei svekt norsk krone utgjer 4 330 mill. kroner av auken sidan PUD.
Sidan same rapportering i fjor har investeringsanslaget auka med 1 103 mill. kroner. Dette kjem i hovudsak av at prosjektet har blitt forlengd, og av auken i riggraten og talet på boredagar.
11 Omtale av klima- og miljørelevante saker
Klima- og miljøpolitikken til regjeringa bygger på at alle samfunnssektorar har eit sjølvstendig ansvar for å legge miljøomsyn til grunn for aktivitetane sine og for å medverke til å nå dei nasjonale klima- og miljøpolitiske måla. Sektormyndigheitene har ansvar for å gjennomføre tiltak på sine eigne område. For ein samla omtale av klima- og miljørelevante saker, sjå fagproposisjonen frå Klima- og miljødepartementet.
Noreg har stor vasskraftproduksjon og er ein viktig leverandør av olje og gass til den globale marknaden. Regjeringa vil foreine Noregs rolle som petroleumsprodusent og -eksportør med ambisjonen om å vere leiande i miljø- og klimapolitikken.
Omsynet til miljø og berekraftig utvikling er og har alltid vore ein integrert del av den norske petroleumsverksemda. Ei rekke reguleringar medverkar til at det blir tatt omsyn til miljøet i alle fasar av petroleumsverksemda. Petroleumssektoren i Noreg har betalt CO2-avgift sidan 1991 og vore ein del av det europeiske kvotesystemet for CO2 sidan 2008. Sidan 1996 har kraft frå land vore vurdert i samband med alle nye eller reviderte utbyggingsplanar. Ein ambisiøs politikk nasjonalt må medverke til å redusere utsleppa globalt.
Ettersom utsleppa frå olje- og gassverksemda på norsk sokkel er underlagde det europeiske kvotesystemet, vil oljeselskapa på norsk sokkel, på lik linje med bedrifter i EU, medverke til å redusere dei kvotepliktige utsleppa fram mot 2030. Det er såleis på plass ein sterk verkemiddelbruk for å redusere utsleppa frå olje- og gassproduksjon i Noreg. Regjeringa vil føre vidare kvoteplikt og CO2-avgift som hovudverkemiddel i klimapolitikken på norsk sokkel. I Meld. St. 13 (2020–2021) Klimaplan for 2021–2030 varsla regjeringa ei gradvis opptrapping av CO2-avgifta frå dagens nivå på om lag 590 kroner til 2 000 2020-kroner per tonn CO2 i 2030.
Regjeringa vil at Noreg skal vere ein føregangsnasjon innan miljøvennleg energibruk og produksjon av fornybar energi. Eit hovudmål er at våre store og verdifulle fornybare energiressursar blir forvalta på ein god, langsiktig og berekraftig måte. For å styrke utviklinga av miljøvennleg produksjon og bruk av energi er det grunnleggande å ha langsiktige og stabile rammevilkår.
Fleire verkemiddel bidrar i utviklinga av energisystema for framtida og lågutsleppssamfunnet, først og fremst miljøavgifter, direkte reguleringar og støtteordningar.
Regjeringa vil fremme ein effektiv, klima- og miljøvennleg og sikker energiproduksjon og samtidig sikre ei berekraftig forvaltning av naturen. Det er viktig at utbygginga av fornybar kraft skjer utan at store verdiar knytte til mellom anna naturmangfald eller landskap går tapt.
I 2021 la regjeringa fram Meld. St. 36 (2020–2021) Energi til arbeid – langsiktig verdiskaping fra norske energiressurser. Meldinga bygger vidare på regjeringas klimaplan og viser korleis regjeringa vil satse på nye næringar, som hydrogen og havvind, styrking av straumnettet og ei framtidsretta olje- og gassnæring med låge utslepp. Regjeringa la i meldinga mellom anna fram ein strategi for smart og effektiv elektrifisering. Elektrifisering erstattar direkte bruk av fossile brensel med rein elektrisk kraft. På kort sikt skal strategien bidra til å oppfylle Meld. St. 13 (2020–2021) Klimaplan 2021–2030 og legge til rette for gjennomføring av modne prosjekt for kraft frå land til norsk sokkel.
Regjeringa foreslo i Meld. St. 28 (2019–2020) Vindkraft på land – Endringer i konsesjonsbehandlingen fleire innstrammingar i konsesjonsbehandlinga av vindkraft på land. Mellom anna skal det leggast større vekt på miljø- og landskapsomsyn ved utbygging av vindkraft framover.
Regjeringa vil legge til rette for samfunnsøkonomisk lønnsam utbygging av havvind i Noreg, og legg til grunn at utbygging av botnfast vindkraft til havs kan skje utan statsstøtte. Enova skal vere hovudverkemiddelet for eventuelle støtteordningar for flytande havvind. Regjeringa vil opne for at interesserte selskap så snart som mogleg kan søke om konsesjon til å utvikle havvind i dei opna områda Utsira Nord og Sørlige Nordsjø II.
Forsking og utvikling er viktig for å nå dei nasjonale klima- og miljøpolitiske måla. Satsinga frå regjeringa si side gir ny kunnskap og kompetanse i petroleums- og energisektoren som blir brukt til å utvikle teknologi og løysingar som reduserer naturinngrep og utslepp av klimagassar.
Regjeringa satsar breitt på å utvikle kostnadseffektiv teknologi for fangst og lagring av CO2. Hausten 2020 la regjeringa fram Meld. St. 33 (2019–2020) Langskip – fangst og lagring av CO2. Meldinga gir ein omfattande omtale av Langskip og regjeringas satsing på CO2-handtering. Stortinget vedtok hausten 2020 å gjennomføre Langskip i tråd med forslaget frå regjeringa i Meld. St. 33 (2019–2020) og Prop. 1 S (2020–2021) frå Olje- og energidepartementet. Arbeidet med fullskalaprosjektet for CO2-handtering og arbeidet for å fremme CO2-handtering som eit klimatiltak internasjonalt held fram i 2022.
I 2020 la regjeringa fram sin hydrogenstrategi. Den overordna bodskapen er at utvikling og bruk av hydrogenbaserte løysingar kan bidra til utsleppsreduksjonar og skape verdiar for norsk næringsliv. Hydrogen kan vere ein låg- eller utsleppsfri energiberar når det blir produsert frå naturgass med CO2-handtering eller ved elektrolyse av vatn med rein kraft. Regjeringa styrkte hydrogensatsinga i statsbudsjettet for 2021 og la i Meld. St. 36 (2020–2021) fram eit vegkart for hydrogen som gir retning og ambisjonar for utvikling i produksjon, distribusjon og bruk av hydrogen i Noreg framover.
11.1 Klima- og miljøutfordringar
Klima- og miljøutfordringar i olje- og gassutvinning er knytte til utslepp til luft og til sjø. Vassdrags- og vindkraftutbyggingar fører med seg inngrep i natur- og kulturmiljø.
Utslepp til luft
Stasjonær forbrenning, inklusiv olje- og gassutvinning, står for utslepp til luft av karbondioksid (CO2), nitrogenoksid (NOx), flyktige organiske sambindingar utan metan (nmVOC), metan (CH4), svoveldioksid (SO2), partiklar (PM) og polysykliske aromatiske hydrokarbon (PAH)1.
Noreg skil seg frå andre land ved at størstedelen av det innanlandske stasjonære energiforbruket er dekt av elektrisitet, og tilnærma heile den innanlandske elektrisitetsproduksjonen er basert på vasskraft. Elektrisitet frå vasskraft bidrar til låge luftutslepp frå den innanlandske stasjonære energibruken. Det inneber òg at Noreg har eit snevrare grunnlag for å redusere utsleppa frå elektrisitetsproduksjon enn andre land. Utslepp frå innanlandsk energiforsyning (medrekna utslepp frå brenning av avfall der varmen blir utnytta til energiformål) og energi brukt til energiforsyning og oppvarming av bygningar var 2,2 mill. tonn CO2-ekvivalentar i 2020 (førebelse tal). Det svarer til om lag 6 prosent av dei samla utsleppa i Noreg.
Produksjon og bruk av elektrisk kraft kan variere mykje frå år til år som følge av variasjonar i tilsig og temperatur. I år med lågt tilsig og relativt høge prisar på elektrisk kraft vil bruken av alternative energiberarar, som fyringsolje, gass og biomasse, normalt auke. Dette er ei viktig årsak til at utsleppa frå stasjonær energibruk på fastlandet varierer frå år til år.
På grunn av den særeigne samansetninga av norsk økonomi og at kraftproduksjonen på fastlandet består av nesten berre vasskraft, står verksemda på kontinentalsokkelen for ein vesentleg del av dei norske utsleppa av klimagassar. I 2020 sleppte petroleumsverksemda2 ut klimagassar tilsvarande 13,3 mill. tonn CO2-ekvivalentar (CO2 og metan). Utsleppa frå petroleumsverksemda utgjer om lag 27 prosent av dei samla norske klimagassutsleppa. Utsleppa frå verksemda er venta å vere relativt stabile dei neste åra.
Petroleumsverksemda sleppte i 2020 ut 41 341 tonn NOx (nitrogenoksid). Utsleppa av NOx frå petroleumsverksemda er om lag 27,5 prosent av dei samla NOx-utsleppa i Noreg. Gassbrenning i turbinar, fakling av gass og dieselbruk på innretningane på kontinentalsokkelen er sentrale utsleppskjelder for NOx.
Olje- og gassutvinning står for knapt ein fjerdedel av dei samla norske nmVOC-utsleppa (flyktige organiske sambindingar utan metan), med utslepp i 2020 på 38 197 tonn. Sidan starten av 2000-talet er utsleppa av nmVOC frå petroleumsverksemda sterkt reduserte. Utsleppsreduksjonane er oppnådde som følge av at det er installert anlegg for fjerning og gjenvinning av oljedamp på lagerskip og skytteltankarar.
At norsk petroleumsverksemd er underlagd streng verkemiddelbruk, gir resultat. Norske utslepp er vesentleg lågare per produsert eining enn gjennomsnittet for oljeproduserande land, sjå figur 11.1. Utsleppa varierer mellom dei ulike felta, både i Noreg og internasjonalt.
Utslepp til sjø
Utsleppa til sjø frå petroleumsverksemda stammar i all hovudsak frå den regulære drifta og kjem frå produsert vatn, borekaks og restar av kjemikaliar og sement etter boring. Myndigheitene stiller strenge krav til at desse utsleppa er så låge som mogleg, at operatørane bruker kjemikaliar som inneheld minst mogleg av miljøfarlege stoff, og at industrien utviklar ny teknologi som kan redusere utsleppa. Petroleumsverksemda har over tid investert i tiltak som har redusert utsleppa betydeleg.
Produsert vatn følger med oljen opp frå reservoaret og inneheld naturleg førekommande stoff frå reservoaret og restar av tilsette stoff. I dag blir det produserte vatnet reinsa før utslepp til sjø eller injisert tilbake i undergrunnen. Borekaks som inneheld olje og borevæske, stod tidlegare for ein vesentleg del av oljeutsleppa frå verksemda, men blir no injisert i eigne reservoar eller tatt til land for vidare behandling. Ein sideeffekt av å injisere produsert vatn og oljehaldig borekaks/-væske er auka energibruk og dermed større utslepp til luft. Ilandføring av borekaks/-væske aukar transportbehovet og omfanget av avfallshandteringa på land.
Oljeselskapa er pålagde miljøovervaking for å følge med på verknaden av utslepp til sjø. Det er ikkje påvist skadelege effektar på miljøet som følge av utslepp av produsert vatn på norsk sokkel. Det er venta at voluma av produsert vatn vil halde seg på om lag same nivå som i dag fram mot 2023.
Akutte utslepp til sjø
Petroleumsverksemda har i dei 50 åra med verksemd på norsk sokkel ikkje ført til store akutte utslepp av olje som har nådd land, og talet på utslepp på over ein kubikkmeter (m3) er av avgrensa omfang. Det er ikkje påvist skadelege effektar på miljøet som følge av utslepp til sjø frå petroleumsverksemda på norsk sokkel.
Inngrep ved utbygging av fornybar energi og nett
Utbygging av fornybar energiproduksjon som vasskraft og vindkraft fører med seg inngrep i natur- og kulturmiljø. Ved utnytting av fornybare energikjelder og ved bygging av kraftleidningar står ein derfor overfor viktige avvegingar. Vegar, kraftleidningar og andre installasjonar i tilknyting til vind- og vasskraftverk vil påverke økosystem, naturverdiar og naturopplevingar. Ved utbygging av ny produksjon og nye kraftoverføringar er det viktig å finne dei beste løysingane ut frå ei heilskapleg avveging av miljø- og samfunnsomsyn.
11.2 Verkemiddel som har ein klima- og miljøeffekt
CO2-handtering
Regjeringa prioriterer arbeidet med å utvikle teknologiar og løysingar som kan medverke til å redusere klimagassutsleppa. Arbeidet med å utvikle kostnadseffektive løysingar for fangst og lagring av CO2 er ein viktig del av denne satsinga.
Hausten 2020 la regjeringa fram Meld. St. 33 (2019–2020) Langskip – fangst og lagring av CO2. Meldinga gir ein omfattande omtale av Langskip og regjeringa si satsing på CO2-handtering. Stortinget vedtok hausten 2020 å gjennomføre Langskip i tråd med forslaget i Meld. St. 33 (2019–2020) og Prop. 1 S (2020–2021) frå Olje- og energidepartementet.
Regjeringas tiltak omfattar eit breitt spekter av aktivitetar. I statsbudsjettet for 2015 presenterte regjeringa sin strategi for CO2-handtering, og resultata frå arbeidet med strategien er omtalte i Meld. St. 33 (2019–2020). Strategien omfatta forsking, utvikling og demonstrasjon, i tillegg til internasjonalt arbeid for å fremme CO2-handtering. Teknologisenter Mongstad (TCM) står sentralt i denne satsinga. Målet med teknologisenteret er å skape ein arena for målretta utvikling, testing og kvalifisering av teknologi for CO2-fangst. I tillegg er det eit mål å medverke til å spreie kunnskap og erfaringar internasjonalt for å redusere kostnader og risiko for fullskala CO2-fangst og auke aksepten for CO2-handtering som klimatiltak. TCM blei opna i 2012, og det har sidan kontinuerleg vore testaktivitetar ved anlegget. Staten og dei industrielle partnarane Equinor, Shell og Total er einige om ein ny driftsavtale, som varer ut 2023.
CLIMIT-programmet for forsking, utvikling og demonstrasjon av teknologi for CO2-handtering og ordninga med forskingssenter for miljøvennleg energi (FME) er òg viktig i arbeidet med CO2-handtering.
Olje- og energidepartementet har sidan 2008 leia oppfølginga av handlingsplanen for å fremme utvikling og bruk av CO2-handtering internasjonalt. Måla for arbeidet er å få auka aksept for fangst og lagring av CO2 som eit viktig klimatiltak, å få ei brei forståing for reduksjonspotensialet som følger av teknologien, og å medverke til at teknologien blir tatt i bruk utanfor Noreg.
Det er oppretta ei rekke regionale og internasjonale samarbeid der Noreg ved Olje- og energidepartementet deltar. Mellom anna deltar departementet i North Sea Basin Task Force, Carbon Capture Utilisation and Storage Initiative under Clean Energy Ministerial og Carbon Sequestration Leadership Forum. Vidare samarbeider Noreg tett med EU og deltar i organ og forum retta mot å utvikle og ta i bruk teknologi for CO2-handtering og å utvikle rammeverk for sikker fangst og lagring av CO2.
Energi og vassressursar
Energiomlegging, energi- og klimateknologisatsing
Kvotesystemet, CO2-avgift og fleire andre tiltak er med på å bygge opp under ei miljøvennleg energiomlegging og utvikling av energi- og klimateknologi. Miljøavgifter og særavgifter knytte til energi medverkar òg til å påverke energibruken. Det er innført energistandardar og energimerkeordningar for ei rekke produkt. Det er òg innført strenge forskrifter med krav til energibehov i nye bygg og ved større rehabiliteringar, og det er innført krav om energimerking ved sal, utleige og nyoppføring av bygningar. Enovas verksemd grensar opp mot og kompletterer dei andre delane av verkemiddelapparatet.
Bruk av fyringsolje har minka dei siste åra og resultert i reduserte utslepp. Gjennom byggteknisk forskrift er varmeinstallasjonar for fossilt brensel ikkje lov i nybygg og ved store ombyggingar. 1. januar 2020 blei det forbode å bruke mineralolje til oppvarming av bygg. Frå 1. januar 2022 skal forbodet utvidast til òg å omfatte bruken av fossil olje til mellombels oppvarming og tørking av bygg under oppføring og rehabilitering. Ifølge gjeldande regelverk i byggteknisk forskrift (TEK17) er det ikkje tillate å installere varmeinstallasjonar for fossilt brensel (både fossil olje og gass) i nye bygg. I tillegg er støtteordningar i regi av Enova viktig. Enova støttar fjernvarme og lokale energisentralar, som både erstattar eksisterande oppvarmingsbehov og dekker nye behov som oppstår ved nybygg.
EU har mål om 20 prosent fornybar energi i 2020, og minst 32 prosent innan 2030. Noreg tok på seg ei plikt til å auke til 67,5 prosent fornybar energi i 2020. Noreg har saman med Island den største fornybarandelen i Europa. I 2019 var fornybarandelen i Noreg 74,6 prosent.
Den felles norsk-svenske marknaden for elsertifikat har vore eit viktig verkemiddel for å nå det norske målet på 67,5 prosent under fornybardirektivet. Ordninga starta opp 1. januar 2012. Det samla målet for ny fornybar elektrisitet i den felles elsertifikatmarknaden er 28,4 TWh i 2020. I tillegg har Sverige sett mål om ytterlegare 18 TWh i 2030 under elsertifikatordninga. Noreg er ansvarleg for å finansiere 13,2 TWh, uavhengig av kvar produksjonen kjem. Av produksjonen som inngår i produksjonsmålet, er det per 30. juni 2021 godkjent anlegg med ein normalårsproduksjon tilsvarande 47,6 TWh. Av dette er anlegg med ein normalårsproduksjon på 17,3 TWh bygde i Noreg og anlegg med ein normalårsproduksjon på 30,3 TWh bygde i Sverige. I Noreg er det i tillegg godkjent anlegg under overgangsordninga med ein normalårsproduksjon på 3,2 TWh.
Regjeringa har lagt fram ein elektrifiseringsstrategi som på kort sikt skal bidra til å oppfylle Meld. St. 13 (2020–2021) Klimaplan 2021–2030 og leggje til rette for gjennomføring av modne prosjekt for kraft frå land til norsk sokkel.
For å legge til rette for at straumnettet blir utnytta best mogleg, har regjeringa innført tilknyting med vilkår som alternativ til nettinvesteringar, og effektbaserte tariffar i distribusjonsnettet. Betre utnytting av straumnettet reduserer behovet for nettutbygging og gjer at ein unngår naturinngrep.
For at nye utanlandssamband for elektrisitet skal kunne få konsesjon, må prosjektet vere samfunnsøkonomisk lønnsamt. På lik linje med andre kraftoverføringsanlegg krev utanlandssamband viktige avvegingar mellom nytte og kostnader, inkludert omsyn til miljøet.
Miljøomsyn ved vassdrags- og energiverksemd
Miljøomsyn i samband med fornybar kraftproduksjon og nett er tatt vare på gjennom sektorlovgivinga, plan- og bygningslova, forureiningslova, naturmangfaldlova og vassforskrifta.
Konsesjonsbehandling av fornybar kraftproduksjon og nett har dei siste åra hatt høg prioritet. Det er viktig å sjå prosjekta i samanheng for å finne dei totalt sett beste løysingane. Det blir derfor søkt å få til ei mest mogleg samordna behandling av prosjekt i same område, og mellom nett og produksjon.
Miljøtilsynet i NVE kontrollerer at miljøkrav som er fastsette i konsesjonar, blir etterlevde, både i anleggs- og driftsfasen. Ei viktig oppgåve er godkjenning og oppfølging av detaljplanar for vassdrags- og energianlegg.
Kunnskap om og systematisk oversikt over viktige område for trua artar og naturtypar er ein føresetnad for å stanse tapet av naturmangfald. Her speler Artsdatabanken ei viktig rolle. Formålet med Artsdatabanken er å tette hòl i kunnskapen og medverke til at data over naturmangfald blir samla i nasjonale databasar.
Utbygging av ny fornybar kraftproduksjon må vere lønnsam og skje i eit tempo og omfang som ikkje får uakseptable verknader for lokalsamfunn og viktige miljø- og samfunnsinteresser. Det skal vere ei balansert utbygging basert på grundige avvegingar av fordelar og ulemper for samfunnet.
For betre å sikre dette på vindkraftområdet foreslo regjeringa i 2020 endringar i konsesjonsbehandlinga av vindkraft på land i Meld. St. 28 (2019–2020). Ved behandlinga av meldinga i Stortinget var det brei einigheit om at negative verknader for landskap og miljø, samfunn og naboar skal vektleggast sterkare i konsesjonsbehandlinga av vindkraft framover, jf. Innst. 101 S (2020–2021).
Verneplanen for vassdrag er viktig for å sikre eit representativt utval av vassdragsnaturen i landet. Vernet er først og fremst mot kraftutbygging, men verneverdiane skal òg takast omsyn til ved andre inngrep.
Gjennomføringa av EUs vassdirektiv med tilhøyrande forvaltningsplanar skal fremme ei heilskapleg forvaltning av vassressursane. Olje- og energidepartementet medverkar saman med NVE aktivt i dette arbeidet.
Klimatilpassing
Eit endra klima med meir nedbør og ekstremvêr krev tilpassingar. Klimatilpassing er viktig innanfor energi- og vassdragsforvaltninga. NVE tar omsyn til klimatilpassing i arbeidet med flaum og skred, damsikkerheit, vassdragskonsesjonar, energikonsesjonar, miljøtilsyn, kraftforsyning og energietterspørsel.
NVEs oppgåver knytte til førebygging av skred- og flaumskadar er delte inn i fem område: kartlegging, arealplanlegging, sikring, varsling og skred- og flaumfagleg bistand i beredskaps- og krisesituasjonar. For å førebygge skade på liv, helse og verdiar blir det ved utarbeiding av faresonekart tatt høgde for eit endra framtidig klima. Desse karta og fagleg rådgiving om klimaendringar er eit viktig grunnlag for arealplanarbeidet i kommunane og medverkar til at nye utbyggingar skjer i trygge område. I arealplanarbeid etter plan- og bygningslova er NVE høyringspart og kan fremme motsegn mot planar der NVE har eit forvaltningsansvar. Sikring av eksisterande busetting og kritisk infrastruktur står òg sentralt i NVEs arbeid med klimatilpassing. NVE arrangerer fagsamlingar rundt i landet for kommunar, konsulentar og andre, der kunnskap om flaum- og skredfare og klimatilpassing blir formidla. For arbeidet med flaum og skred er det utvikla eit godt samarbeid med andre statlege etatar, som Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, Statens vegvesen, Jernbaneverket, Meteorologisk institutt og andre. I 2019 fekk NVE òg i oppdrag å bistå kommunane i å førebygge skadar frå overvatn gjennom kunnskap om avrenning i tettbygde strøk (urbanhydrologi) og rettleiing ved kommunal arealplanlegging.
Gjennom datainnsamling og analysar av lange tidsseriar overvakar og vurderer NVE hydrologiske effektar av klimaendringar. NVE har FoU-aktivitetar innan modellering av kva effekt klimaendringar har og vil få på hydrologien i Noreg. Dette inkluderer effekten på flaum, tørke, snømengder og utbreiing av isbrear og gir grunnlaget for klimatilpassing i fleire sektorar. Arbeidet er ein del av samarbeidet i Norsk klimaservicesenter, der NVE deltar.
Petroleumsverksemda
Klimautfordringa er global og kan berre løysast gjennom eit breitt internasjonalt samarbeid, jf. Noregs tilslutning til Parisavtalen. I samsvar med dei overordna prinsippa for klimapolitikken i Noreg er petroleumssektoren omfatta av sterke økonomiske verkemiddel, som CO2-avgift og EUs klimakvotesystem. Samla gjer det at næringa betaler ein høg pris for utslepp, noko som legg til rette for betydelege utsleppsreduksjonar. Oljeselskapa på norsk sokkel vil på lik linje med bedrifter i EU medverke til å redusere kvotepliktige utslepp fram mot 2030. Regjeringa vil føre vidare kvoteplikt og CO2-avgift som hovudverkemiddel i klimapolitikken på norsk sokkel. Vidare må selskapa betale avgift for sine utslepp av NOx eller slutte seg til miljøavtalen mellom den norske staten og næringsorganisasjonane.
Med dagens kvotepris vil samla karbonpris (kvotepris pluss avgift) for luftfarten og petroleumsverksemda vere på over 1 200 kroner per tonn CO2 i 2022. Regjeringa har i Meld. St. 13 (2020–2021) Klimaplan for 2021–2030 varsla at den samla CO2-prisen på kvotepliktige utslepp frå olje- og gassutvinning vil auke i takt med aukinga i avgifta på ikkje-kvotepliktige utslepp, slik at den samla prisen i 2030 er om lag 2 000 kr per tonn målt i faste 2020-kroner. Høge utsleppskostnader gir selskapa som opererer på norsk sokkel, ei sterk eigeninteresse av å redusere utslepp av klimagassar og samtidig forske på og utvikle teknologiar med lågare utslepp. Ein auke av utsleppskostnaden for CO2 til 2 000 kroner per tonn er derfor venta å gi ytterlegare utsleppsreduksjonar, i tillegg til at det vil bli gjennomført tiltak med ein vesentleg høgare tiltakskostnad enn i dag.
Omsyn til miljø er ein integrert del av forvaltninga av dei norske petroleumsressursane. Miljøreguleringar skjer på alle stadium av verksemda: frå vurdering av opning av eit område for petroleumsverksemd, ved leiting, ved vurdering av korleis eit felt skal byggast ut, ved spesifikke løyve knytte til drifta av feltet, ved årlege endringar av desse og fram til avslutting av produksjon og disponering av innretningane. Dette sikrar eit omfattande system der alle relevante myndigheiter er med.
Utsleppa frå petroleumsverksemda i Noreg er regulerte gjennom fleire lover, mellom anna petroleumslova, CO2-avgiftslova, særavgiftslova, klimakvotelova og forureiningslova. Oppdateringar av forvaltningsplanar og nye konsekvensutgreiingar med oppdatert kunnskap gjer at ei avgjerd kan treffast på eit best mogleg faktagrunnlag. Høyringsrundar gir alle aktørar høve til å bli høyrde. I tillegg kan myndigheitene gjere enkeltvedtak, for eksempel ved godkjenning av utbyggingsplanar.
Brenning av overskotsgass har aldri vore lov på norsk sokkel, og brenning av gass i fakkel er berre tillate når det er nødvendig av sikkerheitsgrunnar. Slik brenning er berre tillate etter løyve frå Olje- og energidepartementet.
Utnytting av stordriftsfordelar som legg til rette for energieffektiv drift, har alltid vore eit viktig omsyn for aktiviteten på sokkelen. Nye utbyggingar baserer seg på best tilgjengeleg teknologi.
Ved behandlinga av Innst. S. nr. 114 (1995–1996) vedtok Stortinget at det ved alle nye feltutbyggingar skal leggast fram ei oversikt over energibehov og kostnadene ved å bruke kraft frå land framfor gassturbinar. Kraft frå land skal vurderast av operatøren og følgast opp av myndigheitene ved behandlinga av kvar ny plan for utbygging og drift. Ein føresetnad for ei løysing med kraft frå land er at det er sikra utbygging av tilstrekkeleg ny kraft, eller at det blir ført fram tilstrekkeleg nytt nett, slik at det ikkje oppstår regionale ubalansar på utbyggingstidspunktet. Samtidig må ein ta vare på naturmangfaldet og omsynet til tiltakskostnadene.
Dei teknologiske og økonomiske konsekvensane av ei løysing med kraft frå land varierer sterkt frå utbygging til utbygging. Kraft frå land krev store investeringar og vil ofte berre vere realistisk ved enkelte større, sjølvstendige utbyggingar eller større ombyggingar av store felt. Kraft frå land til eksisterande innretningar generelt er svært dyrt. Gitt variasjonen i konsekvensar er det avgjerande å ta stilling til spørsmålet om bruk av kraft frå land ved behandlinga av den enkelte utbygginga.
Verkemidla overfor petroleumsverksemda har resultert i at det er gjennomført omfattande tiltak som direkte eller indirekte har gitt lågare utslepp av klimagassar. Det gjer at norsk petroleumsverksemd skjer med vesentleg lågare klimagassutslepp per produsert eining enn gjennomsnittet for oljeproduserande land. Utsleppa varierer mellom ulike felt og fasar, både i Noreg og internasjonalt. Petroleumsverksemda har på eige initiativ sett seg konkrete mål for utsleppsreduksjonar for sine aktivitetar på norsk sokkel. Målet er å kutte utsleppa på norsk sokkel med 40 prosent i forhold til nivået i 2005 innan 2030, og vidare redusere utsleppa til nær null i 2050, jf. omtale i punkt 5.2 i Del I i proposisjonen, om oppfølging av Stortingets oppmodingsvedtak om å legge fram ein plan om å kutte utsleppa på sokkelen med 50 prosent.
Forsking og utvikling
Regjeringa si satsing på forsking og utvikling i energi- og petroleumsverksemda er avgjerande for at Noreg skal vere ein føregangsnasjon innan miljøvennleg energiproduksjon og -bruk. Satsinga bidrar til å utvikle og ta i bruk nye teknologiar og løysingar og til effektiv og berekraftig utnytting av dei norske energi- og petroleumsressursane. Samtidig skal støtta gi norsk næringsliv og kompetansemiljø betre evne til å konkurrere i dei internasjonale marknadene for miljø- og klimavennlege energiløysingar.
Olje- og energidepartementet er den største bidragsytaren til finansiering av miljø- og klimarelevant forsking og utvikling gjennom Noregs forskingsråd. Ein nærmare omtale av satsinga på forsking og teknologiutvikling finst under programkategori 18.30 Forsking og næringsutvikling.
Energiforsking
Offentleg støtte til energiforsking skal medverke til ei effektiv og berekraftig utnytting av nasjonale energiressursar og til ei effektiv, robust og miljøvennleg kraft- og energiforsyning i Noreg. Satsinga skal vere med på å utvikle miljøvennlege produkt, tenester og prosessar, mellom anna nye teknologiar for fornybar energi, energieffektivisering og CO2-handtering. Den offentlege satsinga på energiforsking skal òg medverke til næringsutvikling og til å bygge opp kunnskap av samfunnsfagleg karakter, for eksempel om effektar av klimaendringar på energiområdet (meir nedbør, flaum, redusert oppvarmingsbehov, etc.).
Energi21 er myndigheitene og næringa sin strategi for forsking, utvikling, demonstrasjon og kommersialisering av ny, klimavennleg energiteknologi. Energi21 gir myndigheitene og energibransjen råd om innretning av satsinga på forsking og utvikling av teknologiar for fornybar energi, energisystemet, energieffektivisering, CO2-handtering og energi til transportformål.
Energi21-strategien frå 2018 tilrår å prioritere satsinga på energiteknologi på seks område:
digitaliserte og integrerte energisystem
klimavennlege energiteknologiar til maritim transport
solkraft for ein internasjonal marknad
vasskraft som ryggrada i norsk energiforsyning
havvind for ein internasjonal marknad
klimavennleg og energieffektiv industri, inklusiv CO2-handtering
Styret for Energi21 er i gang med å revidere strategien. Våren 2022 skal Energi21 legge fram ein ny strategi.
Det er ni teknologisk retta forskingssenter for miljøvennleg energi (FME) for høvesvis CO2-handtering, miljøvennleg transport, vasskraft, vindkraft, biodrivstoff, energieffektivisering i industrien, smarte energisystem, nullutslepp i byområde og solceller. Det er òg to samfunnsvitskaplege FME-ar: NTRANS, som skal forske på kva rolle energisystemet har i omstillinga til eit lågutsleppssamfunn, og INCLUDE, som skal utvikle kunnskap og løysingar for å få eit sosialt rettferdig lågutsleppssamfunn. FME-ordninga, som ligg under Noregs forskingsråd, er ein av dei viktigaste berebjelkane for norsk satsing på forsking, utvikling og innovasjon for berekraftige energisystem i framtida.
ENERGIX er Noregs forskingsråd sitt store, målretta program på energiområdet. ENERGIX finansierer forsking og innovasjon for ei berekraftig utvikling av energisystemet. Programmet femner alt frå utvikling av energisystemet og fornybar energiteknologi til effektiv bruk av energi i bygg, industri og transport. Målet er å medverke til omstilling til lågutsleppssamfunnet og å fremme eit konkurransedyktig norsk næringsliv. ENERGIX er det viktigaste programmet i Forskingsrådet for forsking på reduserte utslepp.
Noreg har ei internasjonal leiarrolle i utviklinga av teknologi for CO2-handtering. CLIMIT er det offentlege støtteprogrammet for forsking, utvikling og demonstrasjon av teknologiar for fangst og lagring av CO2 frå fossilt basert kraftproduksjon og industri. Programmet er administrert av Gassnova saman med Noregs forskingsråd. CLIMIT skal gi økonomisk støtte til prosjekt som utviklar kunnskap, kompetanse, teknologi og løysingar som kan gi viktige bidrag til kostnadsreduksjonar og stor internasjonal utbreiing av CO2-handtering.
Petroleumsforsking
Offentleg støtte til FoU og kompetansebygging i petroleumsverksemda er viktig for å sikre ei effektiv og miljøvennleg utnytting av petroleumsressursane og samtidig medverke til utvikling av den norske petroleumsverksemda som vår fremste høgteknologiske kunnskapsindustri. Satsinga bidrar til å bygge opp kunnskap og utvikle nye, meir miljøvennlege teknologiar og løysingar. Redusert miljøpåverknad og reduserte klimagassutslepp er viktige mål for petroleumsforskingsprogramma PETROMAKS 2 og DEMO 2000.
Den nasjonale teknologistrategien for petroleumsverksemda, OG21, trekker fram fire prioriterte teknologiområde: klima, energieffektivitet og miljø; leiting og auka utvinning; boring, komplettering og intervensjon; produksjon, prosessering og transport. Strategien har ei betydeleg merksemd retta mot klima og energieffektive og utsleppsreduserande løysingar.
Departementet legg vekt på at delar av løyvinga til petroleumsforsking skal gå til prosjekt knytte til energieffektivisering og reduserte klimagassutslepp. I 2020 gjekk 157 mill. kroner til prosjekt med relevans for dette formålet gjennom prosjekt i PETROMAKS 2 og DEMO 2000. Dette tilsvarte rundt 48 prosent av tildelingane til dei to programma. I hovudsak er prosjekta knytte til elektrifisering og meir effektiv bruk av energi. Tala er baserte på Noregs forskingsråd sine eigne vurderingar og system for teljing.
Det blir løyvd midlar til tre forskingssenter som mellom anna skal utvikle klima- og miljøvennlege løysingar for norsk petroleumsverksemd. Eit hovudmål for ARCEx-senteret er å utvikle meir miljøvennleg teknologi for leiting etter olje og gass i Arktis. Det blir òg lagt vekt på å skaffe fram ny kunnskap om økosystema for å analysere miljøpåverknad og miljørisiko. Det nasjonale IOR-senteret utviklar metodar for å kunne velje dei beste og mest energieffektive og miljøvennlege injeksjonsmetodane for ulike felt.
Forskingssenteret for lågutsleppsteknologi for petroleumsverksemda på norsk sokkel skal utvikle lågutslepps- eller nullutsleppsteknologi som gjer det mogleg at utbygging og drift av petroleumsførekomstar i framtida kan skje med lågast moglege utslepp av klimagassar. Senteret skal òg utvikle teknologi som kan medverke til ein betydeleg reduksjon av utslepp frå eksisterande installasjonar.
Det blir òg løyvd midlar til sjøfuglprogrammet SEAPOP (Seabird Population Management and Petroleum Operations). Programmet skal gi betre kunnskap om utbreiing, tilstand og utvikling av norske sjøfuglbestandar i lys av menneskeleg aktivitet i havområda og kystsona, mellom anna innanfor petroleumsverksemda.
11.3 Klimaeffekten av budsjettet som er lagt fram
Satsinga på FoU og raskare bruk av ny teknologi i energi- og petroleumsverksemda skal medverke til meir effektiv og miljøvennleg utnytting av norske energiressursar. Vidare skal satsinga medverke til reduksjon av nasjonale og globale utslepp utover det ein kan forvente med eksisterande teknologi og løysingar. Den kunnskapen ein kjem fram til i dag, vil kunne gi grunnlag for ny forsking og ny kunnskap. På grunn av at omfanget av og tidspunktet for introdusering og kommersialisering av ny teknologi eller teknologi under utvikling er usikkert, finst det ingen presise overslag over framtidige utsleppseffektar av teknologi som berre er på forskings- og utviklingsstadiet.
Arbeidet med CO2-handtering skal medverke til å utvikle og demonstrere teknologi for fangst og lagring av CO2 med eit spreiingspotensial. Det overordna målet er å medverke til at CO2-handtering blir eit kostnadseffektivt tiltak i arbeidet mot globale klimaendringar. Tiltaka i regjeringas arbeid omfattar forsking, utvikling og demonstrasjon, i tillegg til internasjonalt arbeid for å fremme CO2-handtering. Det er ikkje mogleg per i dag å kvantifisere utsleppsreduksjonane som desse tiltaka kan utløyse. Klimaeffektane av Langskip-prosjektet kjem både direkte gjennom utsleppsreduksjonar i Noreg og indirekte gjennom kostnadsreduksjonane demonstrasjon og utvikling av CO2-handtering vil gi, og at det blir etablert infrastruktur for prosjekta som kjem etter. Dei direkte nasjonale utsleppsreduksjonane frå prosjektet vil i første omgang vere om lag 400 000 tonn CO2 per år når Norcems fangstprosjekt blir sett i drift i 2024, og auke til om lag 800 000 tonn CO2 per år når Fortum Oslo Varmes prosjekt eventuelt blir sett i drift. Av dei vil om lag 200 000 tonn CO2 frå Fortum Oslo Varme kunne reknast mot forpliktinga Noreg har overfor EU om reduksjonar i ikkje-kvotepliktige utslepp. Norcems sementfabrikk er ein del av kvotepliktig sektor.
11.4 Berekraftsmålet for energi
I 2015 vedtok FNs medlemsland 17 mål for berekraftig utvikling fram mot 2030. Berekraftsmål nr. 7, energimålet, seier at ein skal «sikre allmenn tilgang til påliteleg, berekraftig og moderne energi til en overkomeleg pris». Vidare er det definert tre delmål og to gjennomføringsmekanismar.
Tilgang til energi er ein føresetnad for økonomisk vekst og står derfor heilt sentralt i arbeidet med å avskaffe fattigdom. Meir fornybar energi og meir effektiv energibruk medverkar både til å redusere utslepp av klimagassar og til å avgrense andre miljø- og helsekostnader.
Energimålet og dei ulike delmåla er anten oppnådde nasjonalt eller i tråd med norsk politikk og nasjonale mål. I Noreg er nesten all produksjon av elektrisitet fornybar, og av den samla energibruken er andelen fornybar energi 74,6 prosent.3
Energipolitikken må ta omsyn til energiforsyningssikkerheit, klimautfordringar, naturmiljø og verdiskaping. Oppfølging av berekraftsmåla generelt, og berekraftsmål 7 spesielt, krev også at det blir gjort faglege og politiske avvegingar for å dempe negative konsekvensar av kraftutbygging.
Regjeringa vil legge til rette for ei effektiv, klimavennleg og sikker energiforsyning i Noreg også i framtida. Vi må løyse oppgåvene på måtar som gir dei største verdiane for samfunnet og til lågast mogleg kostnad. Verkemiddel på både tilbod og etterspørsel støttar opp om ein overgang frå fossil til fornybar energi og meir effektiv energibruk. Det er mellom anna innført strenge energikrav til bygg og krav til økodesign og energimerking av energirelaterte produkt. I tillegg medverkar Enova til å utvikle marknader for energieffektive løysingar.
Utan ein sterkt auka innsats vil ikkje verda nå berekraftsmålet for energi. Globalt manglar 789 millionar menneske tilgang til elektrisitet, og 2,8 milliardar bruker ineffektive og forureinande kokeomnar. Situasjonen er særleg utfordrande i Afrika sør for Sahara, der 548 millionar menneske manglar tilgang til elektrisitet. Det er like fullt ein betydeleg framgang – med ein auke i produksjonen av fornybar energi i utviklingsland får fleire menneske tilgang til elektrisitet. Ein fjerdedel av den globale elektrisitetsproduksjonen kjem no frå fornybare kjelder. Det er eit stort behov for å auke innsatsen på energieffektivisering.
Gjennom innsatsen for fornybar energi i utviklingspolitikken medverkar Noreg til at utviklingsland skal nå berekraftsmålet for energi, med særleg merksemd på land i Afrika.
Innsatsen skal medverke til å innfri Parisavtalen og støttar arbeidet i utviklingsland med meir bruk av fornybar energi og energieffektivisering, slik det er nedfelt i dei innmelde klimaplanane frå landa, i tillegg til utfasing av kol. Regjeringa legg vidare stor vekt på å bidra til at sårbare grupper får tilgang til energi i samsvar med prinsippet om at ingen skal utelatast.
Bistandsmidlar skal bidra til å løyse ut privat og kommersiell kapital. Regjeringa styrker samarbeidet med norsk næringsliv, og det blir lagt vekt på å bruke norske fortrinn som vasskraft og solkraft. Norfund er saman med Norads næringslivsordningar, eit sentralt verkemiddel for å få med norske bedrifter.
Auka produksjon av fornybar kraft krev svært store investeringar. Norfund er hovudinstrumentet frå norsk side for å medverke til ny kraftutbygging i utviklingsland. Norfund har etablert partnarskap med norske selskap for å sikre meir kapital og teknisk kompetanse.
I tillegg vil det vere viktig å medverke til elektrifisering gjennom utbygging av straumnettet, lokalt straumnett eller løysingar for enkeltbustader og å bidra til betre løysingar for rein koking. Noreg har i mange år òg gitt støtte til auka produksjon av fornybar energi, energitilgang og meir effektiv energibruk gjennom EØS-ordningane.
Gjennom programmet «Olje for utvikling» deler Noreg erfaringane sine med å utvinne petroleumsressursane på ein måte som tar omsyn til miljø og klima. Policydialog og bistand til reformer, lovverk, institusjonsbygging og regionalt samarbeid er sentrale område for tilrettelegging for investeringar frå privat sektor.
12 Olje- og energidepartementets sikkerheits- og beredskapsarbeid
Olje- og energidepartementet (OED) har ansvar for eigen beredskap og for å vere klar til å delta i ei sentral handtering ved nasjonale kriser.
Departementet har òg det overordna ansvaret for den kritiske samfunnsfunksjonen kraftforsyning. Det operative ansvaret for kraftforsyningsberedskapen er delegert til Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE), som er beredskapsmyndigheit etter energilova kapittel 9. NVE leiar Kraftforsyningas beredskapsorganisasjon (KBO), der einingane i kraftforsyninga deltar. Tilstanden i kraftforsyninga er omtalt i kapittel 13. OED har vidare ansvar og oppgåver knytte til å førebygge skade som følge av dambrot, flaum og skred.
Departementet har sektoransvar for olje- og gassaktivitetane som ligg under verkeområdet til petroleumslova. Det er Arbeids- og sosialdepartementet som har regelverks- og tilsynsansvar for helse, arbeidsmiljø og sikkerheit og for sikring, inkludert beredskap, i petroleumsverksemda. Ansvaret for raffineria og drivstofforsyninga ligg hos Nærings- og fiskeridepartementet.
12.1 Implementering av sikkerheitslova
Lov om nasjonal sikkerhet (sikkerheitslova) tok til å gjelde 1. januar 2019, og alle sektorar arbeider med å implementere lova. Formålet med lova er å sikre dei nasjonale sikkerheitsinteressene våre og å førebygge, avdekke og motverke verksemd som truar sikkerheita. Dei nasjonale sikkerheitsinteressene blir sikra ved at departementa identifiserer grunnleggande nasjonale funksjonar (GNF) innanfor sine ansvarsområde, verksemder av avgjerande betydning for GNF blir underlagde sikkerheitslova og nødvendige sikringstiltak for skjermingsverdige verdiar blir gjennomførte. For å vareta formålet med lova vil GNF- prosessen vere ein kontinuerleg prosess. Denne prosessen kan føre til endringar når det gjeld identifiserte funksjonar og skjermingsverdige verdiar, kva for verksemder som er av vesentleg og avgjerande betydning, og i kva grad ei verksemd er avhengig av eksterne ressursar (andre verksemder). Kva som krevst for å oppnå eit forsvarleg sikkerheitsnivå, kan òg bli endra.
OED har identifisert desse grunnleggande nasjonale funksjonane (GNF) i eigen sektor:
GNF 1 er nasjonal kraftforsyning. Nasjonal kraftforsyning representerer ein samla nasjonal funksjon og er å forstå som kraftsystemet på nasjonalt nivå.
GNF 2 er OED si verksemd, handlefridom og avgjerdsdyktigheit, som omfattar departementet si rolle som fagleg sekretariat for politisk leiing, utøving av myndigheit og styring og oppfølging av underliggande verksemder.
GNF 3 er kontroll med utvinning av petroleum på norsk sokkel.
Dei to første identifiserte GNF-ane er innmelde til sikkerheitsorganet (Nasjonal sikkerheitsmyndigheit), og det blir arbeidd med innmelding av den siste.
OED har òg identifisert verksemder som er av vesentleg eller avgjerande betydning for GNF-en nasjonal kraftforsyning. NVE er peikt ut som sektortilsyn etter sikkerheitslova for kraftsektoren. Det er ikkje gitt dispensasjonar frå krava til sikring av dei identifiserte objekta i kraftsektoren.
OED vil følge opp eventuelle behov for straum som blir melde inn frå andre departement.
12.2 Skred og vassdrag
Ansvaret for gjennomføringa av statlege oppgåver knytte til å førebygge skade som følge av dambrot, flaum og skred er delegert til NVE.
NVE har ansvar for å sjå til at tiltakshavarar planlegg, bygger og driv vassdragsanlegg slik at sikkerheita for menneske, miljø og eigedom blir tatt vare på, og at det blir utarbeidd beredskapsplanar for å handtere større hendingar. NVE kan gi pålegg til eigarar av vassdragsanlegg om å gjennomføre tiltak for å avgrense skadar. NVE kan òg sjølv sette i verk tiltak når det er særskild fare for alvorleg skade.
NVE gir hjelp og rettleiar kommunane i å førebygge skadar frå flaum, erosjon og skred. Oppgåvene inneber å kartlegge og informere om fareområde, gi faglege råd og retningslinjer for kommunal arealplanlegging, gi kommunar fagleg og økonomisk hjelp til planlegging og gjennomføring av sikringstiltak og å overvake og varsle om flaum- og skredfare. I tillegg gir NVE råd til kommunar og politi i beredskaps- og krisesituasjonar.
12.3 Sentral krisehandtering og departementets eigen beredskap
I Instruks for departementenes arbeid med samfunnssikkerhet (samfunnssikkerheitsinstruksen) er det stilt krav til departementa sitt arbeid med samfunnssikkerheit og beredskap.
Departementet skal gjennom eit godt eigna beredskapsplanverk, robust organisering og hyppige og relevante øvingar vere førebudd på å møte alle typar kriser i eigen sektor. Vidare skal departementet effektivt og profesjonelt kunne yte bistand til andre departement og, når det trengst, ta rolla som leiardepartement.
OED sitt planverk for krisehandtering dekker ulike typar kriser som OED kan bli involvert i, både i sektoren og ved kriser som gjeld departementet sjølv.
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) gjennomførte på vegner av Justis- og beredskapsdepartementet tilsyn med OED i perioden frå juni 2019 til januar 2020. Tilsynet blei ført etter Instruks for departementenes arbeid med samfunnssikkerhet. DSB konkluderte med at OED har stor merksemd på samfunnssikkerheit, men fann tre brot på krav i instruksen innanfor tema øvingar og evaluering. For å svare ut funna i tilsynet har OED vidareutvikla øvingsplanen, tatt initiativ til øvingar og utarbeidd ein metodikk for å evaluere og følge opp øvingar og hendingar.
13 Tilstanden i kraftforsyninga
13.1 Innleiing
Olje- og energidepartementet (OED) er hovudansvarleg departement for kraftforsyninga. Ei sikker kraftforsyning er viktig for samfunnssikkerheita og handlar både om god forsyningssikkerheit og om å minimere konsekvensane av avbrot. Kraftforsyninga er éin av 14 samfunnskritiske funksjonar som er definerte i Prop. 1 S (2020–2021) frå Justis- og beredskapsdepartementet. Departementa har utarbeidd ei liste som skal bidra til å tydeleggjere kva type verksemder som er sentrale for å oppretthalde drift av kritiske samfunnsfunksjonar. Inndelinga i 14 kritiske samfunnsfunksjonar og plasseringa av ansvaret hos eit hovudansvarleg departement er eit sentralt verkemiddel for å styrke den tverrsektorielle samordninga i arbeidet med samfunnssikkerheit.
Gjennom samfunnssikkerheitsinstruksen er det etablert eit system for å utarbeide tilstandsvurderingar for dei 14 samfunnskritiske funksjonane. Tilstandsvurderingane skal vurdere evna samfunnet har til å oppretthalde funksjonane dersom dei blir utsette for ulike påkjenningar. Det skal utarbeidast tilstandsvurderingar for alle dei 14 funksjonane kvart fjerde år. Dei hovudansvarlege departementa skal sjå til at vurderingane blir gjennomførte, og presentere dei i sine respektive budsjettproposisjonar. Den førre tilstandsvurderinga for kraftforsyninga blei publisert i Prop. 1 S (2017–2018) frå OED.
Forsyningssikkerheita i Noreg er høg, og tilstanden i kraftforsyninga er god. Eit solid sektorregelverk som jamleg blir oppdatert, tilsyn og rettleiing, handtering og vektlegging av IKT-sikkerheit, læring, evaluering og øvingar mv. bidrar til det. Nye tiltak for å oppretthalde og forbetre kraftforsyninga blir fortløpande vurderte som ein del av departementets og Noregs vassdrags- og energidirektorats (NVE) overordna ansvar for kraftforsyninga. Kraftforsyningas beredskapsorganisasjon (KBO) er òg sentral i beredskapsarbeidet.
Den samfunnskritiske funksjonen kraftforsyning omfattar dei systema og leveransane som er nødvendige for å ta vare på behovet for elektrisk energi til oppvarming, hushald, produksjon, transport m.m. og for fjernvarme der slike anlegg er utbygde. Sikker straumforsyning er avgjerande for eit moderne samfunn. Nesten alle viktige samfunnsoppgåver og -funksjonar er avhengige av eit velfungerande kraftsystem med påliteleg straumforsyning.
For å vurdere tilstanden bruker departementet informasjon frå tilsynsrapportar, avbrotsstatistikk m.m., i tillegg til element frå departement sin eigen risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS) for kraftsektoren. Desse dokumenta gir eit bilete av kapabiliteten, eller evna, til å sikre sluttbrukarane tilgang til elektrisk energi eller fjernvarme. Hovudkjelda er dokument og rapportar utarbeidde av NVE i samband med NVEs rolle som tilsynsorgan mv. Det er eit pågåande arbeid som handlar om å finne gode indikatorar og statistikk som seier noko om tilstanden i kraftforsyninga over tid. Dette arbeidet har utvikla seg sidan den førre tilstandsvurderinga i Prop. 1 S (2017–2018). Som følge av dette arbeidet har departementet i denne vurderinga eit enda betre grunnlag for å seie at tilstanden i kraftforsyninga er god.
13.2 Samfunnsfunksjonen kraftforsyning
Kraftforsyninga er definert som kritisk infrastruktur. Alle anlegga er ikkje like viktige, og det er stor grad av redundans i straumforsyninga, slik at bortfall av eitt anlegg lett kan avhjelpast ved endring i drifta.
Det er lang tradisjon for å tenke beredskap i kraftforsyninga, og det blir øvd mykje i sektoren. Uvêr er vanleg, noko selskapa er godt førebudde på, men det er ikkje til å unngå at ekstremvêr påverkar kraftforsyninga.
Statnett SF er systemansvarleg for det norske kraftsystemet og har ansvaret for drift og for at det til kvar tid er balanse mellom produksjon og forbruk av kraft. Kraftmarknaden har òg ei viktig rolle i å sikre balanse. OED eig Statnett. Statnett eig og driv transmisjonsnettet, som er hovudvegen i kraftsystemet. Lokale nettselskap har ansvaret for distribusjonsnettet, der krafta blir fordelt til sluttbrukarane. Det er om lag 98 nettselskap og 351 000 km med leidning fordelt på dei tre nettnivåa. Størstedelen er i distribusjonsnettet. Produksjonen er i hovudsak basert på vasskraft og desentralisert, med om lag 1 690 små og store vasskraftverk over heile landet.
Elektrisitet utgjer den desidert største delen av norsk energiforsyning. I 2020 var om lag 88 prosent av elektrisitetsproduksjonen frå vasskraft. Om lag 10 prosent av produksjonskapasiteten kom frå vindkraft. Samla normalårsproduksjon var på om lag 152 TWh. Det blei sett ny produksjonsrekord i 2020, med ein samla kraftproduksjon på 154,2 TWh. Det er om lag 10 TWh meir enn gjennomsnittet dei siste fem åra. Noreg er no inne i ei periode der det blir bygd meir fornybar kraft enn på fleire tiår. I 2020 blei det til saman sett i drift 7,1 TWh vass- og vindkraft. Tilsvarande tal for 2019 var på 2,3 TWh. Bruttoforbruket av kraft var i 2020 på 133,7 TWh, som er omtrent same nivå som det har vore dei siste fem åra.
Fjernvarme er eit distribusjonssystem for oppvarma vatn som blir brukt til å transportere varme til sluttbrukarane. Ei sikker fjernvarmeforsyning blir viktigare og viktigare for eit velfungerande samfunn. Det blir bygd ut fjernvarme i byar og tettstader, og fleire blir avhengige av fjernvarme som ei sikker varmekjelde.
13.3 Mål, lovverk og ansvar
Eit overordna mål for energi- og vassressursområdet er å legge til rette for ei effektiv, sikker og miljøvennleg energiforsyning. Energipolitikken skal medverke til å ta vare på forsyningssikkerheita og auke stabiliteten i kraftleveransane i Noreg. Målet om ei sikker kraftforsyning dreier seg både om å oppretthalde og betre forsyningssikkerheita, minimere konsekvensane av avbrot og opprette forsyninga igjen på ein effektiv måte.
Rapporten frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) Samfunnets kritiske funksjoner frå 2016 viser til to kapabilitetar, eller funksjonsevner, under samfunnsfunksjonen kraftforsyning. Dei to er kraftforsyning og fjernvarme. Funksjonsevna blir omtalt som evna til å sikre sluttbrukarane tilgang til tilstrekkeleg elektrisk energi, eller fjernvarme der det er utbygd. Funksjonsevne inkluderer arbeid for å redusere konsekvensar av bortfall og tiltak for rask oppretting etter eventuelle straumbrot. Dette inkluderer òg eigenberedskap for bortfall av straum hos andre sektorar og aktørar. Funksjonsevna kan derfor ikkje lesast som at kraftforsyninga skal evne å levere straum i absolutt alle situasjonar.
Energilova med forskrifter regulerer både tilsikta og ikkje tilsikta hendingar, og det er lagt vekt på å oppretthalde eller rette opp forsyninga igjen så raskt som mogleg, uavhengig av årsaka til utfallet. For å halde høg kvalitet, vere godt rusta i ekstraordinære situasjonar og ha ei effektiv drift av kraftsystemet og kraftmarknaden er kraftforsyninga underlagd både direkte krav og insentivreguleringar.
OED sitt ansvar for kraftforsyninga inkluderer ansvaret for forsyningssikkerheita for straum.
Forsyningssikkerheit er evna kraftsystemet har til kontinuerleg å levere straum av ein gitt kvalitet til sluttbrukarane. Justis- og beredskapsdepartementet og DSB har ansvar for elsikkerheitsregelverket gjennom eltilsynslova med forskrifter. Elsikkerheit inneber at elektriske anlegg og komponentar skal byggast, drivast og haldast ved like slik at dei ikkje utgjer fare for liv, helse eller materielle verdiar. DSB sitt arbeid med elsikkerheit har ein positiv effekt på forsyningssikkerheita. Eit døme på det er krav til skogrydding rundt luftlinjer.
Det operative ansvaret for kraftforsyningsberedskapen er delegert frå OED til NVE. NVE organiserer Kraftforsyningas beredskapsorganisasjon (KBO), som består av verksemder som eig eller driv anlegg som er vesentlege for drift, oppretting av eller sikkerheit i produksjon, omforming, overføring, omsetning eller fordeling av elektrisk energi eller fjernvarme. KBO består av NVE, Statnett og større kraftprodusentar, nettselskap og fjernvarmeselskap. I 2020 vedtok NVE at Nordpool AS og European Market Coupling Operator AS (EMCO) skal vere einingar i KBO. NVE vurderte at selskapa har ei viktig rolle i drift av kraftsystemet og for å oppretthalde forsyningssikkerheit i kraftsystemet. NVE peiker ut distriktssjefane (KDS), som er regionale representantar for kraftforsyninga. KDS deltar i statsforvaltarens beredskapsråd.
Det er nettselskapa som har ansvaret for den daglege drifta av overføringsnettet, og det er òg dei som har ansvar for å handtere eventuelle hendingar. NVE følger opp selskapa med tilsyn, øvingar, rettleiing, evaluering etter hendingar, mv.
13.3.1 Direkteregulering
Energilova skal sikre at produksjon, overføring og bruk av energi blir gjort på ein samfunnsmessig rasjonell måte, der allmenne og private interesser blir tatt omsyn til. Det er utarbeidd ei rekke forskrifter under energilova. Her er eit utval:
Energilovforskrifta gir plikter ved konsesjon for elektriske anlegg og fjernvarmeanlegg.
Kraftberedskapsforskrifta gir plikter som skal sikre at energiforsyninga blir halden ved lag, og at normal forsyning blir gjenoppretta på ein effektiv og sikker måte i og etter ekstraordinære situasjonar for å redusere dei samfunnsmessige konsekvensane.
Forskrift om systemansvar i kraftsystemet skal legge til rette for ein effektivt kraftmarknad og ein tilfredsstillande leveringskvalitet i kraftsystemet og sikre at systemansvaret blir utøvd på ein samfunnsmessig rasjonell måte.
Leveringskvalitetsforskrifta sikrar ein tilfredsstillande leveringskvalitet i det norske kraftsystemet og stiller krav om oppretting av forsyninga utan ugrunna opphald.
Kraftrasjoneringsforskrifta skal sikre at kraftrasjonering blir gjennomført på ein samfunnsmessig rasjonell måte, slik at energien blir best mogleg utnytta ut frå omsynet til allmenne og private interesser.
Forskrift om kontroll av nettvirksomhet legg grunnlag for ein effektiv kraftmarknad og kontroll av nettverksemd som eit naturleg monopol.
Sikkerheitslova skal førebygge, avdekke og motverke verksemd som truar sikkerheita.
Sektorregelverket i kraftforsyninga legg eit stort ansvar på selskapa, og dei må vere førebudde på ekstraordinære hendingar. Dei er pålagde å gjennomføre ROS-analysar og skal gjenopprette forsyninga utan ugrunna opphald dersom det skjer avbrot. Regelverket og beredskapsarbeidet til selskapa tar heile tida sikte på å forbetre beredskapstilstanden, redusere risikoen for avbrot i forsyninga og sikre rask gjenoppretting. OED har definert nasjonal kraftforsyning som ein grunnleggande nasjonal funksjon etter sikkerheitslova og vedtatt at NVE skal vere tilsynsmyndigheit i kraftforsyninga. Statnett blei underlagd sikkerheitslova i 2019.
13.3.2 Ny kraftberedskapsforskrift
Den 1. januar 2019 blei beredskapsforskrifta erstatta av kraftberedskapsforskrifta. Endringane bestod i hovudsak av nye og reviderte krav til sikring av digitale system og nokre mindre endringar elles i forskrifta. Det blei òg laga ein ny rettleiar. Forskrifta gjeld for alle einingane i KBO. I samband med den nye rettleiaren blei bransjen oppfordra til å komme med innspel, og NVE arrangerte òg fleire webinar. Tanken er at den nye rettleiaren skal vere ein meir dynamisk rettleiar i elektronisk format som blir oppdatert oftare. NVE vil innan utløpet av 2021 gi ut ein oppdatert versjon etter å ha mottatt innspel frå bransjen. Ein meir brukarvennleg rettleiar vil gjere det lettare å forstå kva som skal til for å overhalde regelverket, og dermed kunne bidra til ein betre tilstand i kraftforsyninga.
13.3.3 Insentivregulering
I tillegg til direkteregulering er insentivregulering brukt i sektoren. Nettverksemd er eit naturleg monopol, og insentivreguleringa, som er heimla i forskrifta om kontroll av nettverksemd inneheld verkemiddel som bidrar til at nettet blir utnytta og bygd ut på ein sikker og samfunnsmessig rasjonell måte. Eksempel frå insentivreguleringa er KILE-ordninga (kvalitetsjusterte inntektsrammer ved ikkje-levert energi), som gir nettselskapa insentiv til å minimere talet på og lengda på avbrot, ved at den tillatne inntekta deira blir redusert som følge av avbrot. KILE-kostnadene skal reflektere kostnadene samfunnet har ved avbrot. USLA-ordninga (utbetaling for svært langvarige avbrot) gir nettselskapa insentiv til å unngå avbrot på over 12 timar, da ordninga gir sluttbrukarane rett til å krevje ei bestemt utbetaling frå nettselskapet dersom dei opplever avbrot på over 12 timar. Nye KILE- og USLA-satsar i høvesvis 2020 og 2021 gjer at kostnadene betre reflekterer ulempene ved avbrot for sluttbrukarane.
13.4 Internasjonalt
Kraftutveksling med utlandet er viktig, både for å sikre forsyningssikkerheit og god utnytting av ressursar og for å auke verdiskapinga. Norden er tett integrert i ein felles kraftmarknad. Gjennom kablar er Norden òg integrert med den europeiske kraftmarknaden. Noreg har i dag utvekslingskapasitet med Sverige, Danmark, Tyskland, Nederland, Finland og Russland. Utanlandssambandet til Tyskland blei sett i drift i 2020, og eit samband til Storbritannia skal etter planen settast i drift i 2021. Noreg er nettoeksportør av energi. Gjennom EU-regelverk som er implementert, er Noreg påverka gjennom EØS-avtalen. I dag omfattar EØS-samarbeidet fleire rettsakter på energiområdet. Generelt har regelverket for den indre europeiske energimarknaden auka i omfang og grad av detaljering.
Òg gjennom vårt medlemskap i NATO er energi eit tema. På NATO-toppmøtet i juli 2016 forplikta medlemslanda seg til å styrke den nasjonale sivile beredskapen og oppfylle sju grunnleggande forventningar til samfunnskritiske funksjonar. Éi av desse grunnleggande forventningane er ei robust energiforsyning. Dei sju grunnleggande forventningane blei førebels reviderte i 2020, til dels på bakgrunn av erfaringar frå koronapandemien. Sjå omtale av dette i Meld. St. 5 (2020–2021) Samfunnssikkerhet i en usikker verden.
13.5 Avhengigheit og eigenberedskap
Nesten alle samfunnsfunksjonar er avhengige av eit velfungerande kraftsystem med påliteleg straumforsyning. Derfor er kraftforsyninga kritisk infrastruktur. Sektorar som IKT, finans, ekom mv. kan få store utfordringar om straumen blir borte – som bortfall av banktenester, basestasjonar/nødnett og vassforsyning. Det varierer kor stor merksemd andre sektorar og verksemder som er avhengige av straum, har på dette.
Ekom og kraft er gjensidig avhengige av kvarandre. Kraftsektoren blir stadig meir digitalisert og bruker mobiltenester i kommunikasjon med kundar og leverandørar og i optimalisering av drift og vedlikehald. I Meld. St. 28 (2020–2021) Vår felles digitale grunnmur varsla regjeringa at dei vil komme med ei rekke tiltak for å auke samarbeidet mellom kraft- og ekomsektoren. Mellom anna skal samarbeidet om sikkerheits- og beredskapsarbeid styrkast for å sikre kortare gjenopprettingstid ved utfall.
Når det gjeld avhengigheit av mobil og telefoni, har kraftforsyninga eige samband for kommunikasjon internt, for eksempel når det gjeld gjenoppretting. Det gjer at nettselskapa kan kommunisere med kvarandre sjølv om for eksempel mobiltelefoni ikkje fungerer. Ved lengre ekomavbrot blir det likevel vanskelegare å kontakte verksemder og personell utanfor sektoren, kommunisere med kundar og ha dialog med kommunane. Ved gjenoppretting skal nettselskapa prioritere liv og helse og vitale samfunnsinteresser, det same som skal prioriterast ved rasjonering av straum. Nettselskapa skal derfor ha oversikt over slike verksemder i sitt område. Det krev at viktige sluttbrukarar gir seg til kjenne for nettselskapa, og departementet oppfordrar både nettselskap og sluttbrukarar til å auke dialogen om dette.
Forsyningssikkerheita i Noreg er høg. Samtidig er dei fleste avhengige av straum, og samfunnet er derfor sårbart for bortfall i forsyninga. Å sikre ei avbrotsfri kraftforsyning vil krevje enorme investeringar i infrastruktur og er knapt teknisk mogleg å oppnå. Det er derfor ikkje stilt krav som garanterer ei avbrotsfri kraftforsyning. Samfunnet må ta høgde for dette. Det er avgjerande at viktige samfunnsfunksjonar og infrastrukturar er merksame på kor avhengige dei er av straum, og sjølve vurderer korleis dei kan gjere seg mindre avhengige. Sluttbrukarar som er kritisk avhengige av ei kontinuerleg straumforsyning, må sjølve sørge for nødstraum eller annan eigenberedskap ved bortfall av straum. Ved val av reservekraftforsyning bør ein vurdere forbruket av straum som må dekkast i alle tilfelle, og forbruk som ikkje er like kritisk. Ein kan anten ha ambisjonar om å oppretthalde ei tilnærma normal drift ved eit avbrot eller berre oppretthalde eit minimum av funksjonar, jf. Meld. St. 25 (2016–2017) Kraft til endring og Meld. St. 5 (2020–2021) Samfunnssikkerhet i en usikker verden. I 2018 lanserte DSB ein kampanje for eigenberedskap for å hjelpe befolkninga med å førebu seg på kriser som kan ramme kritisk infrastruktur. DSB oppfordrar folk til å sørge for beredskap heime hos seg sjølve ved mellom anna å ha tilgang til ved, mat, vatn, stearinlys, kontantar mv. På den måten kan samfunnet vere betre førebudd om straumen skulle bli borte. DSB og NVE planlegg eit felles prosjekt for å sjå nærmare på eigenberedskap hos aktørar som er kritisk avhengige av straum.
13.6 Tilstanden i kraftforsyninga
13.6.1 Status basert på ulike tilstandsindikatorar
Det er fleire mål som kan gi oss ein indikasjon på korleis tilstanden i kraftforsyninga er. Departementet arbeider for å identifisere gode indikatorar som kan bidra til å danne eit oversiktleg bilete. Nokre indikatorar vil basere seg på statistikk og data, medan andre vil vere baserte på resultat frå analysar, tilsyn og andre erfaringar.
13.6.2 Avbrot, driftsforstyrringar og uønskte hendingar
Ein indikator på forsyningssikkerheita er kor mange avbrot kvar sluttbrukar opplever, og kor mange minutt dei er utan elektrisitet i løpet av eit år. For nettselskapa er det obligatorisk å rapportere avbrot og driftsforstyrringar i elektrisitetsforsyninga på alle spenningsnivå. Dette gir oss ein god avbrotsstatistikk. NVE publiserer statistikken årleg. Avbrot i elektrisitetsforsyninga oppstår ved utfall eller utkopling av kraftleidningar. Det er mellom anna vanleg å måle avbrotsmengda i talet på avbrot per sluttbrukar, i tillegg til lengda på avbrotet. I 2020 opplevde sluttbrukarane i snitt to langvarige avbrot (over 3 minutt), med ei gjennomsnittleg gjenopprettingstid på 1 time og 7 minutt. I tillegg opplevde sluttbrukarane 1,8 kortvarige avbrot (under 3 minutt). 43 prosent av sluttbrukarane opplevde ingen avbrot i 2020. Tala frå 2020 ligg på same nivå som tala for dei siste åra.
Kor påliteleg leveringa av straum er, eller evna kraftsystemet har til å levere elektrisk energi til sluttbrukarane, blir målt som forholdstalet mellom faktisk levert energi og totalt forventa levert energi og er knytt til kor hyppige og langvarige avbrota er. Gjennomsnittet for heile landet har dei siste 20 åra variert mellom 99,97 og 99,99 prosent. I 2020 var talet nasjonalt på 99,985 prosent, som er ein liten nedgang frå 2019, men framleis over gjennomsnittet for perioden frå 1998. Særleg ekstremvêr med mykje vind påverkar kor påliteleg leveringa er. Dette kan ein for eksempel sjå av figuren med ekstremvêret Dagmar i 2011.
Kraftig uvêr i nokre regionar kan gi utslag på kor påliteleg leveringa av straum er på landsbasis. Tala varierer mellom ulike geografiske område i Noreg. For eksempel blir område med mykje skog og mange luftlinjer hardast ramma av avbrot når det er kraftig vind og vindkast. NVE får innrapportert avbrotsdata på fylkesnivå og utarbeider kvart år statistikk over talet på og lengda på avbrot for dei ulike fylka. Nordland og Innlandet hadde flest avbrot per sluttbrukar i 2020. Dei siste fire åra har Nordland, Innlandet (tidlegare Hedmark og Oppland) og Agder (tidlegare Aust-Agder og Vest-Agder) toppa statistikken.
Statistikk over årsakene til avbrota gir verdifull informasjon for beredskapsarbeidet, og erfaringar frå ekstremvêr dannar ein naturleg bakgrunn for kontinuerlege forbetringar i rutinar og handtering. Ei driftsforstyrring er ei automatisk, påtvinga eller utilsikta utkopling på grunn av éin eller fleire feil. Storparten av alle feil har opphav i eksterne årsaker. Det kan mellom anna vere naturgitte årsaker, feil utførte av ein tredjeperson eller andre ytre påkjenningar. Selskapa i sektoren er vane med å handtere uvêr og ekstremvêr, snøfall, ising, lyn mv. Om lag ein tredjedel har opphav i interne årsaker aleine. Dette kan for eksempel vere feil på teknisk utstyr og delar av anlegg eller personfeil.
I regional- og transmisjonsnettet blir nettet som regel drifta i ein maska nettstruktur med tosidig forsyning eller automatiske omkoplingsmoglegheiter. Det gjer at driftsforstyrringar ikkje nødvendigvis fører til utfall av forsyninga. I distribusjonsnettet blir nettet i all hovudsak drive radielt, der eitt punkt i nettet berre er forsynt gjennom éi leidning. Det gjer at nesten 100 prosent av driftsforstyrringane i distribusjonsnettet fører til utfall (99,8 prosent i 2020).
Selskapa i KBO er pålagde å rapportere til NVE om uønskte hendingar. Regelverket inneheld ei liste over kva for situasjonar som minimum skal rapporterast. På den måten sikrar myndigheitene seg ei betre oversikt over hendingane som kan redusere forsyningssikkerheita, og betre kjennskap til truslar og påkjenningar ein må ta omsyn til. NVE har òg høve til å be om rapportering av andre tilfelle ved behov. Ved større avbrot set NVE beredskap og etablerer rapportering til OED.
Basert på innrapporterte data utarbeider NVE årlege oppsummeringar. Figur 13.4 viser talet på uønskte hendingar per år frå 2018 til april 2021. Kategoriseringa er ei forenkla framstilling av årsakssamanhengane. Dei fleste uønskte hendingane oppstår på grunn av eit samspel mellom fleire faktorar som kan vere menneskelege, tekniske eller organisatoriske, i tillegg til naturgitte forhold som vêret.
Boks 13.1 Avbrot som følge av trefall i desember 2020
Jula 2020 var det fleire tilfelle av avbrot i Sør-Noreg. Avbrota kom primært av at tre fall over linjene som ein konsekvens av kraftig vind og/eller på grunn av snø og is. NVE har utført ei spørjeundersøking blant ti nettselskap for å få ei oversikt og kartlegge hendingane. Det oppstod over 1 000 driftsforstyrringar, og om lag 145 000 sluttbrukarar mista straumen. Åtte av avbrota varte over to døgn, men dei fleste under ein time. Resultata frå spørjeundersøkinga viser at dei totale kostnadene var på over 90 mill. kroner. Kostnadene fordeler seg på gjenopprettingskostnader og avbrotskostnader. Kostnadene knytte til gjenoppretting omfattar bruk av mannskap, materiell og maskiner, og utgjorde om lag ein tredjedel av kostnadene. Avbrotskostnadene er summen av KILE-kostnader og USLA-kostnader, der KILE-kostnadene står for om lag 95 prosent. (Sjå kapittel 13.3.3 for ein nærmare omtale av avbrotskostnader.)
Luftleidningar er sårbare ved kraftig vind og tunge snøfall. Tre som står nær kraftleidningar, utgjer ein stor risiko for forsyninga. Det er viktig for nettselskapa å ha gode rutinar for skogrydding og god tilgang på nødvendig kompetanse og reservemateriell. Ved bruk av jordkabling er ein mindre vêrutsett, og ein reduserer påverknaden frå trefall. I distribusjonsnettet er bruk av jordkabel hovudregelen ved nybygging, jf. Meld. St. 14 (2011–2012) Vi bygger Norge – om utbygging av strømnettet.
13.6.3 Tilstanden for krafttransformatorar i Noreg
Kraftransformatorar er viktige komponentar i kraftsystemet. Levetida til transformatorane er avhengig av graden av overbelastning. Ved eit eventuelt havari er reparasjonstida lang. Aldersfordelinga for transformatorparken kan gi informasjon om tilstanden i kraftsystemet. Dei eldste transformatorane er no skifta ut, og den gjennomsnittlege alderen er 24 år. Fram til no har alder vore den einaste indikatoren på tilstanden. For å sikre myndigheitene ei betre oversikt over tilstanden gjorde NVE i 2011 eit vedtak om at det skulle opprettast ein tilstandsdatabase med oversikt over krafttransformatorar i det norske nettet. Alle med anleggskonsesjon skal no rapportere inn eigar- og anleggsdata, tekniske data og olje- og gassanalysar. I 2017 hadde alle konsesjonærar rapportert og kvalitetssikra sine data. Som del av eit pågåande prosjekt om krafttransformatorar er innrapporterte data analyserte, og konklusjonen er at den norske transformatorflåten er i god stand.
13.6.4 Kraftforsyninga tilpassar seg klimavariasjonar
Kraftsektoren er spesielt utsett for vêr, og klimaendringar gjer at sikkerheits- og beredskapsutfordringane for kraftanlegga blir større. Naturfenomen som mellom anna nedbør, trefall, storm, skred, lyn og ising forårsakar i dag feil og avbrot i kraftforsyninga. Det er forventa at frekvensen og styrken på slike naturfenomen som følge av klimaendringar vil auke i åra framover. NVE gjennomfører jamleg statuskartleggingar av klimabevisstheita og klimatilpassinga til KBO-einingane og rapporterer på dei. Formålet med rapportane er å undersøke i kva grad klimatilpassing er sett på dagsordenen i KBO, og å kartlegge utfordringane dei møter i dette arbeidet. Rapportane er utarbeidde i 2009, 2013, 2016 og 2021 og viser ei jamn auke i klimabevisstheit blant KBO-einingane. Rapporten frå 2021 konkluderer mellom anna med at ni av ti KBO-einingar reknar med at klimaendringar vil føre til større sikkerheits- og beredskapsutfordringar i åra fram mot 2050. Til samanlikning var det i 2009 seks av ti som meinte det same.
13.6.5 Energi- og driftssikkerheit
Energisikkerheit er den evna kraftsystemet har til å dekke energibruken, og heng dermed tett saman med tilgang på vatn, vind og utvekslingskapasitet. Det norske kraftsystemet er dominert av vasskraft, og energisikkerheita er knytt til utviklinga i tilsig til vassdrag og fyllingsgraden i vassmagasina. Utviklinga i vindressursar speler ei stadig større rolle for energisikkerheit i Noreg ettersom vindkraft er blitt ein større del av produksjonsmiksen i Noreg og i land som det norske kraftsystemet er knytt til. NVE rapporterer om kraftsituasjonen kvar veke. Sidan 2010 har det vore tre periodar i Noreg med anstrengd kraftsituasjon: 2010/2011 (129), 2013 (41) og 2017 (29) med antal dagar i parentes. Bygging og opprusting av nett og nye koplingar til utlandet har bidratt til kortare periodar med anstrengd kraftsituasjon.
Driftssikkerheit er definert som den evna kraftsystemet har til å motstå forstyrring i drift utan at det blir avbrot eller avvik i frekvens eller spenning. Sjå nærmare omtale av driftsforstyrringar under punkt 13.6.2. Driftssikkerheit gjeld altså den kontinuerlege drifta av kraftsystemet heilt ned på minutt- og sekundnivå. Mellom anna kan feil på komponentar som linjer, transformatorar og styringssystem påverke driftssikkerheita og føre til avbrot i forsyninga. Statnett fører oversikt over område med redusert driftssikkerheit. Eit av verkemidla for å sørge for god driftssikkerheit er å planlegge nettanlegg og drifte dei etter det såkalla N-1-prinsippet. Det inneber at feil på éin komponent normalt sett ikkje skal gi avbrot for sluttbrukarar. Alle tiltak i nettet blir sette i verk på bakgrunn av samfunnsøkonomiske vurderingar. Kriteriet blir berre brukt til å planlegge investeringar og er ikkje eit krav. Statnett fører likevel ei oversikt over timar utan N-1 for utvalde område i transmisjonsnettet, mellom anna for å synleggjere sårbarheit i kraftnettet. Tiltak for å betre driftssikkerheita er mellom anna bygging av nett og lokal produksjon. I Driften av kraftsystemet 2020, publisert av Reguleringsmyndigheita for energi (RME) er det lista opp fleire område der slik utbygging har betra driftssikkerheita. Eksempel er ny 420 kV linje Balsfjord–Skillemoen, som har betra driftssikkerheita i Finnmark, og idriftsetting av vindparkane Bjerkreim og Måkaknuten, som har betra driftssikkerheita i Stavanger-området.
Eit straumnett med tilstrekkeleg overføringskapasitet er ein føresetnad for god forsyningssikkerheit. Overføringsnettet både kan og bør utnyttast betre, slik at nettinvesteringane ikkje blir større enn nødvendig. Ved å ta i bruk mekanismar som kan jamne ut forbruket eller endre lokaliseringa av forbruket, kan kapasiteten utnyttast betre. Nye teknologiske og marknadsmessige løysingar kan legge grunnlag for eit meir effektivt og fleksibelt system med redusert behov for nettinvesteringar.
Innføringa av avanserte måle- og styringssystem (AMS) og Elhub er ein viktig del av moderniseringa av straumnettet i Noreg. Innan 1. januar 2019 skulle alle norske straumkundar ha fått installert AMS. I februar 2019 blei Elhub, ei sentral løysing for datalagring, sett i drift. AMS gir nettselskapa mellom anna meir nøyaktig informasjon om tilstanden i nettet. Nettselskapa får data om forbruk, last, straummålingar og spenningsmålingar som gir ei betre oversikt over når ulike delar av nettet er hardt belasta, og korleis lasta fordeler seg. Informasjonen kan brukast til å drifte og dimensjonere nettet meir effektivt. Spenningsmålingane sørger for at nettselskapa raskt får beskjed om avbrot og raskare kan oppdage og rette feil.
I tillegg gir AMS forbrukarane betre informasjon om eige straumforbruk og ei meir nøyaktig avrekning. Dette kan gi meir bevisste straumkundar og insentiv til ein meir effektivt energibruk. Stadig meir energibruk blir elektrisk og mogleg å styre. Det er venta at slik forbrukarfleksibilitet i framtida gjer at ein kan utsette eller unngå investeringar i nettet gjennom å utnytte kapasiteten betre.
13.7 Tilsyn
NVE kontrollerer om KBO-einingane har gode rutinar og tiltak for å overhalde krava som kraftberedskapsforskrifta, rasjoneringsforskrifta og energilovforskrifta stiller. Tilsyn er ein viktig del av myndigheitsutøvinga til NVE. Kontrollane er fordelte på eit stort utval av tema, og NVE gjennomfører tilsyn ved hjelp av fleire ulike kontrollmetodar. For kraftforsyningsberedskap er kontrollane gjennomførte som revisjon, noko som inneber eit fysisk møte med verksemda, eventuelt kombinert med synfaring av anlegget eller ei spørjeundersøking. I 2019 gjennomførte NVE 50 revisjonar. På grunn av smitteverntiltak har det vore redusert revisjonsverksemd i 2020 og 2021. I 2020 blei det berre gjennomført 16 revisjonar innan kraftberedskap. Revisjonane som blei avlyste som følge av koronapandemien, vil bli vurderte på nytt ved planlegging av framtidige revisjonar.
Revisjonane gir ei oversikt over tilstanden hos verksemdene og sjekkar rutinar og system innan vedlikehald, risikovurderingar, beredskapsplanar, internkontroll, reparasjonsberedskap, fysisk sikring av anlegg, informasjonssikkerheit, vern av driftssentralar og rasjoneringsplanar.
Talet på avvik frå 2016 til juni 2021 viser at det i revisjonar er oppdaga 738 avvik fordelte på 198 revisjonar og ved spørjeundersøkingar 93 avvik fordelte på 48 undersøkingar. Talet på avvik og merknader etter tilsyna viser at det er nødvendig med vidare oppfølging av kraftforsyningsberedskapen.
Figuren viser fleire avvik innan risikovurderingar, beredskapsplanar, øvingar og evaluering. Figuren viser òg at det er fleire avvik innan fysisk sikring av klassifiserte anlegg. NVE har i dei seinaste åra gjort mange revisjonar og spørjeundersøkingar for svært mange anlegg og for ulike krav innan fysisk sikring.
Kraftbereskapsforskrifta som tredde i kraft 1. januar 2019, inneheld nye og reviderte krav innan digitale informasjonssystem og brytarfunksjonalitet i AMS. Figuren gir ikkje eit fullstendig bilete av brot på krava, da dei nye krava berre har vore kontrollerte det siste året.
Departementet og NVE forventar at retting av avvika vil betre rutinane, systema og anlegga til selskapa og dermed bidra til betre tilstand i kraftforsyninga.
I perioden 2018–2021 har NVE arbeidd med eit tilsynsprosjekt som har som formål å utvikle vidare ein metode for å velje, gjennomføre og følge opp tilsyn. Her er det laga ein metode for risikobaserte tilsynsplanar. I tillegg har NVE utvikla eit verktøy som blir brukt til å planlegge og gjennomføre tilsyn. Det nye verktøyet vil gi ein betre historikk over avvik og merknader som er gitt ved tilsyn, og historikken kan bidra til ei betre oversikt over tilstanden i kraftforsyninga.
13.7.1 DSB sitt tilsyn med departementet
I 2019 og 2020 blei det ført tilsyn med OED sitt arbeid med samfunnssikkerheit på grunnlag av kapittel IV og V i samfunnssikkerheitsinstruksen, jf. 13.3 ovanfor. Departementet er no i gang med eit arbeid for å lukke avvika som blei avdekte i samband med tilsynet. Det er utarbeidd ein øvingsplan og interne rutinar for evaluering etter øvingar og alvorlege hendingar. Departementet gjennomførte ei øving om IKT-sikkerheit i mai 2021. I desember 2021 vil det bli gjennomført ei større øving om kraftforsyningsberedskap. Øvinga er planlagd med bistand frå NVE. Scenario for øvinga blir valde ut på bakgrunn av risiko- og sårbarheitsanalysen som er gjennomført for kraftforsyninga. Relevante aktørar vil få tilbod om å vere med. Etter at øvinga er gjennomført, vil ein gjere ei grundig evaluering og kartlegge oppfølgingspunkt.
13.8 IKT-sikkerheit i kraftforsyninga
IKT-sikkerheit er ein stadig viktigare del av arbeidet med sikkerheit og beredskap i kraftforsyninga. I takt med den digitale utviklinga har det blitt større merksemd om kor viktig dette arbeidet er for forsyningssikkerheita. Kraftforsyninga bruker IT-system til mellom anna administrasjon og økonomistyring og leiing og drift av forretningsverksemda. I tillegg bruker nettselskapa driftskontrollsystem for drift og vedlikehald av nett. Kraftprodusentar bruker driftskontrollsystem for å optimalisere produksjon og inntekt. Administrativ IT og driftskontrollsystem er komplekse system som er utsette for utilsikta feil i maskinvare og programvare, menneskelege feil og målretta kriminalitet og sabotasje. Lange leverandørkjeder og stor kompleksitet gjer at det er ei utfordring å verne gjennom førebyggande tiltak. Førebygging mot og beredskap for handtering av uønskte hendingar er derfor viktig.
NVE er eit sektorvis responsmiljø og tar imot varsel om ekstraordinære situasjonar og rapportar om uønskte hendingar. I perioden 2014–2020 har NVE mottatt 40 varsel og rapportar. Ei kategorisering viser at meir enn halvparten av hendingane har utgangspunkt i tilsikta handlingar. Nokre av oppgåvene er delegerte til KraftCERT, som har ei meir operativ rolle. Årsrapporten frå KraftCERT gir eit bilete av kva for hendingar som treffer kraftbransjen. I 2020 handterte KraftCERT 223 hendingar, noko som er ein auke på 34 prosent frå året før. I tillegg til kraftforsyninga har KraftCERT kundar frå olje- og gassverksemder og frå vatn- og avløpssektoren. Tala frå NVE og KraftCERT viser at cyberangrep er ein reell trussel mot kraftforsyninga, og selskapa er derfor underlagde strenge krav til sikkerheit og beredskap.
Boks 13.2 Forvaltningsrevisjon av NVE sitt arbeid med IKT-sikkerheit
I Riksrevisjonens undersøkelse av NVEs arbeid med IKT-sikkerhet i kraftforsyningen (Dokument 3:7 (2020–2021)) konkluderer Riksrevisjonen med at NVE ikkje i tilstrekkeleg grad har sett til at det er god beredskap for å handtere IKT-angrep i kraftforsyninga, og at OED ikkje sikrar seg god nok styringsinformasjon om tilstanden for IKT-sikkerheit i kraftforsyninga eller resultata av NVE sitt arbeid med IKT-sikkerheit. Riksrevisjonen kjem med ei rekke anbefalingar for å styrke NVE sitt arbeid og for å sikre at rapporteringa frå NVE til departementet gir tilstrekkeleg informasjon. Desse anbefalingane blir no følgde opp, fleire gjennom påbegynt arbeid. Det gjeld mellom anna arbeidet med tilsyn, rettleiing til kraftbransjen, kompetansehevande tiltak i NVE, vidareutvikling av system for avdekking og deling av IKT-sikkerheitshendingar og oppdatering av planverk for beredskap. OED har på si side følgt opp anbefalinga frå Riksrevisjonen om å styrke NVE si rapportering gjennom styringsdialogen med direktoratet.
13.8.1 Nasjonalt tryggingsorgans grunnprinsipp for IKT-sikkerheit
Kraftberedskapsforskrifta, som er omtalt i kap. 13.3.2, og som tredde i kraft i januar 2019, stiller nye krav til sikring av digitale system i kraftsektoren. Desse krava bygger på Nasjonalt tryggingsorgans grunnprinsipp for IKT-sikkerheit. Grunnprinsippa overlappar i stor grad med anerkjende internasjonale standardar for sikkerheit. NVE har gjennomført kurs for bransjen og fokuserer på rettleiing. På grunn av pandemien i 2020 og 2021 er det berre gjennomført to stadlege tilsyn med dei nye krava. Det ligg derfor føre lite innsikt i kva som er den faktiske statusen hos selskapa. For betre oversikt vil ei kartlegging av bruken av grunnprinsippa for IKT-sikkerheit i bransjen inngå i eit FOU-prosjekt om tilstanden for IKT-sikkerheit i kraftforsyninga. Prosjektet vil bli gjennomført i løpet av 2021.
13.9 Risiko- og sårbarheitsanalyse
Uønskte hendingar kan skje som følge av både tilsikta og utilsikta hendingar. Regelverket i kraftsektoren pålegg selskapa å ha ROS-analysar knytte til ekstraordinære forhold. Selskapa må vere førebudde på alle typar hendingar, som naturhendingar, teknisk svikt og bevisst skadeverk. Sektorregelverket dekker dermed både tilsikta og utilsikta hendingar.
DSB sitt krisescenario inneheld fleire scenario som er relevante for kraftsektoren, eller som omhandlar sektoren. Vi viser til dei for omtale av scenario. Langvarig bortfall av straum vil raskt kunne få store samfunnsmessige konsekvensar. Det er stor forskjell på naturhendingar og tilsikta hendingar når det gjeld kor sannsynlege dei er. For naturhendingar finst det ofte statistikk som gjer det mogleg å seie noko om det forventa returintervallet for ei hending, medan det for tilsikta hendingar er vanskeleg å seie noko om sannsynet. PST har i den opne trusselvurderinga for 2020 sagt at mellom anna etterretninga i framande statar vil samle inn sensitiv informasjon om alt frå strategiar til teknologisk innovasjon, og at verksemder mellom anna innan energi vil vere særleg utsette. Noreg har naturressursar som er av betydning for energiforsyninga til andre statar. Dette omtaler PST som ein maktfaktor, og derfor kan statar ønske innsikt i den norske energisektoren. System innanfor kraftsektoren og elektroniske kommunikasjonstenester er å sjå på som spesielt etterretningsutsett kritisk infrastruktur.
Barrierar er tiltak som reduserer sannsynet for eller konsekvensen av ei hending. Konsekvensane for samfunnet er i stor grad avhengige av konsekvensreduserande barrierar som for eksempel krav til rask gjenoppretting ved avbrot eller at aktørar som mistar straumen, har tilgang til nødstraum eller annan eigenberedskap, og sannsynsreduserande barrierar som god skogrydding. Andre eksempel frå sektorregelverket på sannsynsreduserande barrierar kan vere fysiske sikringstiltak, informasjonssikkerheit og vern av driftskontrollsystem. Eksempel på konsekvensreduserande barrierar er redundans, reparasjonsberedskap (materiell, personell), samband og moglegheit for manuell drift av anlegg. Sjå eigen omtale av tiltak i kapittel 13.10.
Samfunnet er sårbart for bortfall av straum. Derfor er det viktig å ha større merksemd på eigenberedskap. Det at kraftsektoren er sårbar når det gjeld avhengigheit av andre kritiske samfunnsfunksjonar som ekom mv., er omtalt over. Kraftsektoren er òg avhengig av at vegar, ferjesamband mv. er opne, slik at ein kan komme fram for å få retta feil. Samtidig kan òg andre hendingar i samfunnet skape utfordringar for kraftforsyninga. Dersom store delar av mannskapet som skal rette feil, er sjuke som følge av ein pandemi, for eksempel, vil feilrettinga bli forseinka. Sjå eigen omtale av koronapandemien i boks 13.3.
Annakvart år blir det gjennomført risiko- og sårbarheitsanalysar for kraftforsyninga. Analysen beskriv eit utval av sjeldne og alvorlege scenario som, dersom dei skulle inntreffe, vil ramme kraftforsyninga. Vidare inneheld analysen ei oppstilling av førebyggande tiltak. Den førre risiko- og sårbarheitsanalysen blei gjennomført i 2019. Ein ny analyse vil bli gjennomført i 2021.
Boks 13.3 Pandemien og kraftforsyninga
Koronapandemien, som for alvor slo til og førte til at Noreg stengde ned den 12. mars 2020, førte til ein auke i beredskapen i kraftforsyninga i heile perioden. Pandemien er enno ikkje over, og ein følger med på utviklinga. Pandemien har understreka kor viktig det er med eit velfungerande KBO som verktøy for å oppnå ei felles forståing av situasjonen og for å dele god praksis. Det har vore meir kommunikasjon mellom beredskapsmyndigheita og KBO-einingane, og ved alvorlege situasjonar rapporterer beredskapsmyndigheita vidare til departementet. Smittesituasjonen og tiltaksbyrda har vore i stadig endring med justeringar av nasjonale og lokale tiltak.
Det blei rapportert lite smitte i verksemdene i kraftforsyninga. Handteringa av pandemien har derfor handla meir om kontinuitetsplanlegging, etterleving av smittevernføresegner og restriksjonar, og rettleiing. Pandemien har ført til at både departementet og NVE har gjennomgått sitt eige planverk for pandemihandtering og kontinuitetsplanlegging. Alle KBO-einingane blei bedt om å gjennomgå pandemiplanane sine og vurdere å ta i bruk rettleiaren i kontinuitetsplanlegging som er utarbeidd av DSB.
Fordi mange, òg samfunnskritiske verksemder, jobbar frå heimekontor, har fleire nettselskap i KBO vore meir forsiktige med å kople ut straumen heime hos folk på dagtid under pandemien.
NVE har oppretta ei temaside på nve.no om korona og kraftforsyninga. Her blir relevante krav og føringar frå regjeringa, departementa og NVE publiserte. Det blir òg gitt informasjon om fortolkingar av reglane og kva dei betyr for kraftforsyninga.
Kraftforsyninga har handtert pandemien godt, og det har vore ein god dialog både mellom KBO-einingane og mellom NVE og departementet undervegs. Det har vore klare roller og god samhandling. Kraftforsyninga har vist seg robust og blir vurdert til å vere robust òg ved ein eventuell forverra smittesituasjon.
13.10 Tiltak for å redusere risiko og sårbarheit
Det er mange tiltak som er relevante for arbeidet med å redusere risiko (sannsyn og konsekvens) og sårbarheit i sektoren . Tiltaka støttar opp om målet om ei sikker kraftforsyning. Ettersom det meste av ansvaret for kraftforsyningsberedskapen er delegert til NVE, er det òg NVE som set i verk tiltaka.
NVE følger opp samfunnssikkerheitsarbeidet i sektoren gjennom regelverksutvikling, tilsyn og rettleiing, handtering av IKT-sikkerheit, planverk og øvingar, evaluering og læring etter hendingar, og gjennom KBO. NVE informerer gjennom å publisere ulike statistikkar, rapportar og rettleiarar. NVE har òg beredskapsoppgåver knytte til varsling og rapportering under ekstraordinære situasjonar og evaluering i etterkant. Desse oppgåvene og tiltaka er viktige for ei sikker kraftforsyning og for redusert risiko og sårbarheit.
Eigenberedskap: For aktørar som utfører viktige samfunnsfunksjonar, vil behovet for eigenberedskap vere stort ettersom kraftforsyninga er ein føresetnad for dei fleste former for tenesteyting. DSB og NVE sitt felles prosjekt for å sjå nærare på eigenberedskap hos aktørar som er kritisk avhengige av straum, vil bidra til betre oversikt og gjere det tydeleg kvar det må fokuserast på reservekraftforsyning. Det kan òg gjere det enklare å styrke samordning på tvers og redusere den samla sårbarheita for bortfall av straum i samfunnet.
Regelverksutvikling: Kraftberedskapsforskrifta tredde i kraft 1. januar 2019, og ein ny rettleiar for bransjen blei utvikla i 2020. Endringane i forskrifta krev enda større merksemd på sikkerheitsarbeid i kraftsektoren.
Tilsyn: Tilsyn er eit viktig verkemiddel for å sikre kraftforsyninga og avdekke avvik. Tilsyn gir informasjon som er viktig for det vidare arbeidet og verkemiddelbruken på område der ein må ha høg beredskap. NVE vil ta opp igjen tilsynsaktiviteten etter pandemien.
Oppfølging og rettleiing: NVE følger opp dei viktigaste komponentane, for eksempel transformatorar, i kraftsystemet. Mange av komponentane er gamle, og det er viktig å sikre at dei fungerer optimalt. Vedlikehald er ein viktig føresetnad for god sikkerheit. NVE er derfor involvert i ulike utviklingsprosjekt med mål om å sikre at komponentane er i god tilstand.
I energiforsyninga kan det oppstå ein del ekstraordinære hendingar, og NVE arbeider mykje med å følge dei opp. Den største trusselen mot kraftsystemet er naturgitte hendingar. Det er viktig framleis å fokusere på tiltak som kan minimere konsekvensane av framtidige hendingar, for eksempel skogrydding.
I samband med oppgraderinga av sektorregelverket har NVE fokusert på rettleiing av verksemdene i kraftforsyninga undervegs.
Øvingar og evaluering: Øvingar er viktig for å sikre at kompetanse blir utvikla og halden ved like, slik at ein er godt førebudd til å handtere ekstraordinære situasjonar. Evalueringar og læring etter øvingar og hendingar dannar eit godt grunnlag for revidering og oppdatering av planverk. Departementet planlegg, med bistand frå NVE, ei større øving av kraftforsyninga hausten 2021. Formålet er å øve eksisterande planverk i OED og NVE og danne eit grunnlag for revisjon av planverket.
Betre utnytting av straumnettet: Innføring av AMS legg til rette for at nettselskapa kan drifte og dimensjonere nettet meir effektivt. Spenningsmålingane sørger for at nettselskapa raskt får beskjed om avbrot og raskare kan oppdage og rette feil. AMS kan òg gi forbrukarane insentiv til ein meir effektiv energibruk. Det er venta at forbrukarfleksibilitet i framtida kan gjere det mogleg å utsette eller unngå investeringar i nettet gjennom å utnytte kapasiteten betre.
Driftssikkerheit: Det blir stadig sett i verk tiltak for å sørge for tilfredsstillande driftssikkerheit. Dei siste åra er det sett i drift fleire prosjekt som har betra driftssikkerheita. Statnett fører oversikt over timar utan N-1 for utvalde område i transmisjonsnettet, mellom anna for å synleggjere sårbarheit i kraftnettet.
Skogrydding: Tre som står nær kraftleidningar, utgjer ein risiko for forsyningssikkerheita. NVE har utarbeidd ein rettleiar for skogrydding i kraft-trasear i 2016. Skogrydding er eit viktig tiltak for å redusere avbrot som følge av trefall.
Kabling i distribusjonsnettet: Jordkablar i staden for luftlinjer vil ikkje vere utsette for feil på grunn av trefall. NVE arbeider med målretta informasjon og rettleiing for å auke graden av kabling i høg- og lågspente distribusjonsnett. Tiltaket tener både kraftberedskapen og miljøet.
Handtering av IKT sikkerheit: Den teknologiske utviklinga innan IKT gir moglegheiter og legg til rette for effektiv og sikker drift av kraftforsyninga. Samtidig er det eit område som er i stadig endring, og auken i digitale truslar krev god handtering av den digitale risikoen. FoU på dette området er viktig for å forstå korleis digitalisering påverkar risiko, og kva tiltak som er relevante for å vareta forsyningssikkerheita. Departementet og NVE arbeider med å følge opp råda frå Riksrevisjonen. Fleire aktivitetar som inngår i tiltaka Riksrevisjonen har foreslått, er allereie sette i gang.
13.11 Vurdering
Departementet vurderer at indikatorane som er gjennomgått, dannar eit godt grunnlag for å slå fast at tilstanden i kraftforsyninga er god.
Statistikken er stabil og viser få avbrot og påliteleg levering. Gjennomsnittsverdiar på eit slikt nivå er ein tilfredsstillande situasjon. Målet er derfor å oppretthalde dette nivået, men samtidig heile tida arbeide for å styrke kraftforsyningsberedskapen for å kunne handtere eventuelle hendingar som kan true forsyningssikkerheita.
Kraftsituasjonen i Noreg er god, og vi har eit robust straumnett med krafttransformatorar i god stand. Det er samtidig viktig å få fram at det ikkje er samfunnsmessig rasjonelt å garantere ei avbrotsfri kraftforsyning. Det ville blitt svært kostbart for samfunnet, ført til store miljøinngrep og knapt vore teknisk mogleg å oppnå.
Kraftforsyninga har vist seg å vere robust gjennom ein utfordrande pandemisituasjon frå mars 2020.
Arbeidet med sikkerheit og beredskap er kontinuerleg i gang, og det er eit område med høg prioritet. Departementet vil halde fram arbeidet med å utvikle indikatorar som kan gi oss informasjon om tilstanden i kraftforsyninga.
13.12 Tilstanden i fjernvarmeforsyninga
Forsyningssikkerheita innan fjernvarme omfattar evna anlegga har til kontinuerleg å forsyne alle kundar med tilstrekkeleg varme til ein fastsett kvalitet. Forbruket av fjernvarme er aukande, og på stader der fjernvarme er utbygd, blir fleire avhengige av han som ei sikker varmekjelde. Dette gjeld innan fleire område, som helseinstitusjonar, offentlege verksemder, næringsliv og hushald. Ei sikker fjernvarmeforsyning er viktig.
NVE har oppretta eit varmekart som viser konsesjonsgrenser, varmesentralar og lokasjon av datasenter, industri og anna verksemd med spillvarme som kan utnyttast til produksjon av fjernvarme. Kartet er framleis under utvikling. Fjernvarme er avhengig av å ha sikker tilgang på brensel. I 2020 blei det produsert 6,1 TWh fjernvarme, fordelt på gjenvunnen varme (52 prosent), bioenergi (21,5 prosent), omgivnadsvarme (11,3 prosent), fleksibel elektrisitet (11,9 prosent), fossil gass (3 prosent) og fossil olje (0,3 prosent). Det er òg behov for elektrisitet i samband med produksjon av fjernvarme. Lange straumavbrot kan derfor vere kritisk for fjernvarmeproduksjon og -distribusjon. NVEs statistikk for straumavbrot frå 2020 viser at varmesentralane som er knytte til det elektriske distribusjonsnettet, i snitt opplevde avbrot på 39,4 minutt i løpet av året. For varmesentralar utan nødstraumsaggregat kan straumavbrot få følger for kundane. Kor store følger eit avbrot i forsyninga vil få, heng saman med temperaturane utandørs. Produsentar og distributørar av fjernvarme må utføre risikovurderingar av behovet for elektrisitet og sette i verk tiltak for å sørge for nødstraum.
Fjernvarmeanlegg med ein effekt på over 10 MW er konsesjonspliktige. NVE har per april 2021 gitt 99 konsesjonar for fjernvarme og har ytterlegare to til behandling. NVE har gitt ut ein rettleiar om fjernvarmeberedskap, og det blir stilt krav til sikrings- og beredskapstiltak for fjernvarme gjennom energilova, kraftberedskapsforskrifta og energilovforskrifta. I perioden frå 2017 til april 2021 har NVE gjennomført tilsyn med 17 fjernvarmeverksemder. Det er totalt avdekt 20 avvik. Fjernvarmeverksemdene som ikkje er KBO-einingar og derfor ikkje er underlagde kraftberedskapsforskrifta, har ikkje fått avvik, men NVE har gitt merknader der det har vore relevant. NVE har funne at verksemdene må ha betre risikovurderingar og følge opp med gode beredskapsplanar. Det må gjennomførast fleire øvingar og evalueringar av dei, og ein må sørge for betre vern av kraftsensitiv informasjon. Etter tilsyn kan NVE òg slå fast at det er større merksemd på å gjennomføre øvingar og utvikle kompetanse for å vere i stand til å handtere ekstraordinære situasjonar. Dei reviderte verksemdene lager òg risikovurderingar som reflekterer risikobiletet på ein betre måte.
13.12.1 Vurdering
Departementet vurderer at tilstanden i fjernvarmeforsyninga er god. Høg forsyningssikkerheit innan fjernvarme vil også framover vere ein prioritet i tråd med det aukande forbruket.
14 Likestilling og mangfald
Etter lov om likestilling og forbud mot diskriminering er arbeidsgivarar pålagde å arbeide aktivt, målretta og planmessig for å fremme likestilling og hindre diskriminering (aktivitets- og meldeplikta). Olje- og energidepartementet gjer her greie for tilstanden.
Meldeplikta gjeld òg for verksemder under Olje- og energidepartementet (OED). For rapportering frå Oljedirektoratet og Noregs vassdrags- og energidirektorat viser vi til årsrapportane frå verksemdene.
14.1 Olje- og energidepartementet
Likestillingsperspektivet er forankra i personalpolitikken, lønnspolitikken og tilpassingsavtalen. Likestilling er ein integrert del av verksemda som departementet arbeider systematisk med:
Den enkelte leiaren skal følge opp at kvinner og menn får likeverdige arbeidsoppgåver og høve til fagleg og personleg utvikling i departementet.
Kompetansegivande oppgåver og tiltak skal fordelast slik at det medverkar til likestilling mellom kvinner og menn.
Departementet skal ha ein lønnspolitikk som medverkar til å fjerne eventuelle kjønnsrelaterte lønnsforskjellar på alle nivå.
Omsynet til likestilling skal vere eit av kriteria som blir lagde til grunn ved rekruttering til ledige stillingar.
Årleg personalstatistikk skal gi oversikt over aktuelle likestillingsrelaterte spørsmål i departementet.
14.2 Tilstanden for kjønnslikestilling
Tabell 14.1 Tilstanden for kjønnslikestilling per 31.12.2020, sammenlikna med tilstandsrapportering per 31.12.2019
Stillingsgruppe | År | Kjønnsfordeling på ulike stillingsgrupper | Lønnsforskjellar/fastlønn | |||
---|---|---|---|---|---|---|
Kvinner | Menn | Kroner per år, kvinner | Kroner per år, menn | Kvinners lønn i prosent samanlikna med menns lønn | ||
Total | 2020 | 74 | 80 | 664 118 | 784 579 | 84,65 |
2019 | 77 | 81 | 662 001 | 800 367 | 82,71 | |
Departementsråd/ekspedisjonssjef | 2020 | 1 | 4 | - | - | - |
2019 | 4 | - | - | - | ||
Spesialrådgivar | 2020 | 1 | - | - | - | |
2019 | 1 | 2 | - | - | - | |
Kommunikasjonssjef | 2020 | 1 | - | - | - | |
2019 | 1 | - | - | - | ||
Avdelingsdirektør | 2020 | 4 | 17 | 1 039 630 | 1 031 192 | 100,82 |
2019 | 4 | 16 | 1 036 208 | 1 023 024 | 101,29 | |
Fagdirektør | 2020 | 3 | 2 | 731 715 | 890 054 | 82,21 |
2019 | 3 | 2 | 728 552 | 886 891 | 82,15 | |
Underdirektør | 2020 | 14 | 14 | 767 582 | 779 414 | 98,48 |
2019 | 14 | 16 | 763 709 | 770 266 | 99,15 | |
Seniorrådgivar | 2020 | 37 | 27 | 630 177 | 659 171 | 95,60 |
2019 | 40 | 30 | 623 887 | 669 549 | 93,18 | |
Rådgivar | 2020 | 15 | 12 | 490 226 | 485 168 | 101,04 |
2019 | 15 | 8 | 487 344 | 489 004 | 99,66 | |
Førstekonsulent | 2020 | 1 | - | |||
2019 | 2 | - | ||||
Lærling | 2020 | 1 | - | |||
2019 | 1 | - |
Kategoriar med berre éin tilsett er ikkje med i oversikta over lønnsforskjeller.
Tabell 14.2 Kjønnsbalanse
Kjønnsbalanse (antal tilsette) | Mellombels per 31.12.2020 (antal tilsette) | Foreldrepermisjon i 2020 (antal tilsette) | Faktisk deltid per 31.12.2020 (antal tilsette) | Sjukefråvær 2020 (prosentandel av tilsette) | |||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Kvinner | Menn | Kvinner | Menn | Kvinner | Menn | Kvinner | Menn | Kvinner | Menn |
74 | 80 | 3 | 3 | 5 | 4 | 1 | 2 | 3,7 | 1,0 |
Det samla sjukefråværet var på 2,2 prosent i 2020, mot 3,2 prosent i 2019.
14.3 Om arbeidet med å oppfylle aktivitetsplikta
Departementet sette i 2020 ned ei intern arbeidsgruppe med representantar frå arbeidsgivarar og arbeidstakarar som har vurdert likestillingssituasjonen i OED og utarbeidd tiltak for å styrke likestillinga. Arbeidsgruppa har mellom anna identifisert moglege hinder for likestilling, vurdert årsakene til hindera og identifisert mål og tiltak. Det blei fokusert spesielt på skeiv kjønnsfordeling blant leiarar i departementet, i tillegg til utfordringar knytte til arbeidsbelastning/tilrettelegging for fagleg utvikling og omsorgsoppgåver.
14.3.1 Rekruttering
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i samfunnet. Mangfaldserklæringa går fram av utlysingsteksten når OED annonserer ledige stillingar. OED har som ei av retningslinjene sine å bruke positiv særbehandling i tilsettingssaker.
Målet er å oppretthalde den totale kjønnsbalansen i departementet og få ei kjønnsfordeling på leiarnivå i tråd med denne kjønnsfordelinga. Departementet oppfordrar kvinner til å søke leiarstillingar og skal følge opp at kvalifiserte kvinner blir vurderte på same måte som kvalifiserte menn. Den likestillingstillitsvalde skal få kunngjeringstekstar på leiarnivå til uttale. Vidare skal det ved rekruttering av leiarar utarbeidast avdelingsvise oversikter over tidlegare utnemningar og kjønn. OED ønsker å rekruttere fleire kvalifiserte kandidatar med innvandrarbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hòl i CV-en, men opplever at det er få fagleg kvalifiserte søkarar i målgruppa. Departementet vil vurdere krav til norsk og innhald i stillingar som blir lyste ut, og også vurdere andre kanalar for annonsering. Mangfaldsrekruttering skal prioriterast i profileringsarbeidet.
14.3.2 Tiltrettelegging
I arbeidet med aktivitets- og utgreiingsplikta blei det avdekt at moglegheitene for tilrettelegging ikkje var godt nok kommuniserte til dei tilsette. Departementet vil betre informasjonen om dette og sørge for leiaropplæring.
14.3.3 Balanse mellom jobb og fritid
For å sørge for at medarbeidarar og leiarar ikkje har ei ugunstig arbeidsbelastning, vil det blir oppfordra til ein gjennomgang av fordelinga av oppgåvene i seksjonar/avdelingar og til ein halvårleg gjennomgang av overtidsbruken. Moglegheitene for større fleksibilitet til å velje heimekontor etter pandemien vil også bli vurderte.
14.3.4 Lønns- og arbeidsvilkår
Målet er å sikre kjønnsnøytral lønn og lik lønn for same arbeid eller arbeid av lik verdi.
Lønnsstatistikken viser at menn samla sett har høgare snittlønn enn kvinner. Årsakene er samansette, men alderssamansetning og ansiennitet er noko av forklaringa. Tiltak for å sikre likelønn er nedfelte i departementets personalpolitikk, lønnspolitikk og tilpassingsavtale. Det blir gjort likelønnsvurderingar før dei årlege lokale lønnsforhandlingane, baserte på kjønnsdelt lønnsstatistikk. OED har ein ny, lokal lønnspolitikk, og som ein del av oppfølgingsarbeidet vil departementet sørge for at lønnspolitikken blir kjend og forstått, og lage ei sjekkliste for leiarar til bruk ved dei lokale forhandlingane for objektive vurderingar.
14.3.5 Forfremming og utvikling
Målet er å sikre ei god fagleg og personleg utvikling for alle tilsette. Den enkelte leiaren har hovudansvaret for at dei tilsette får nødvendig kompetanse til å utføre arbeidsoppgåvene på ein tilfredsstillande måte. Det kan vere ein risiko for at kvinner hamnar bak menn når det gjeld karriereutvikling, fordi kvinner tar på seg fleire omsorgsoppgåver, og ein fare for at kvinner sluttar fordi dei meiner OED ikkje gir like moglegheiter til karriere for menn og kvinner. For å redusere risikoen vil det bli gjennomført sluttintervju, og informasjon om tilrettelegging vil bli gjord meir tilgjengeleg. I prosjekt der saksbehandlarar får leiaransvar, skal det leggast særleg vekt på å gi kvinner moglegheit for leiareksponering.
14.3.6 Arbeidsmiljø
Det blir gjennomført arbeidsmiljøundersøkingar og medarbeidarsamtalar for mellom anna å avdekke eventuelle tilfelle av trakassering. Departementet har eigne varslingsrutinar i medhald av arbeidsmiljølova og følger lov- og avtaleverket knytt til verneombod, helseteneste o.a.
14.4 Inkluderingsdugnaden
OED har utarbeidd ein handlingsplan for arbeid med eit meir inkluderande arbeidsliv.
Departementet har mellom anna desse tiltaka:
HR og rekrutterande leiarar fokuserer på inkluderingsdugnaden. HR rettleiar rekrutterande leiarar i arbeidet med inkluderingsdugnaden.
OED nyttar ein felles, standardisert tekst for departementa i kunngjeringstekstane. Kvalifiserte kandidatar som fyller krava til stillinga, blir kalla inn til intervju.
OED deltar i statens traineeprogram i samband med rekruttering av personar med nedsett funksjonsevne.
OED har møtt utfordringar med at kandidatane ikkje gir til kjenne hòl i CV-en eller nedsett funksjonsevne, og at det er mangel på kvalifiserte og relevante søkarar.
I 2020 hadde departementet éin nytilsett med nedsett funksjonsevne av totalt 16 nytilsettingar, ein andel på 6,3 prosent.
14.5 Likestillingskonsekvensar av koronapandemien
OED og Noregs vassdrags- og energidirektorat har ikkje avdekt særskilde likestillingskonsekvensar som følge av koronapandemien i energisektoren eller i eigne verksemder. Norsk olje og gass rapporterer at det i nedbemanningsprosessar som følge av pandemien ikkje er registrert effektar på likestilling eller kjønnsbalanse.
15 Tilsettingsvilkår for leiarar i heileigde statlege føretak under Olje- og energidepartementet
15.1 Gassnova SF
Administrerande direktør Trude Sundset hadde ei lønn på 2 333 161 kroner i 2020. I tillegg fekk ho 251 631 kroner i anna godtgjersle. Kostnadsførte pensjonsforpliktingar var 305 442 kroner. Sundset slutta som administrerande direktør 1. februar 2021. Ho har avtale om inntil 12 månader lønn inkludert oppseiingstida. Inntekter frå eventuell ny stilling eller frå næringsverksemd ho er aktiv eigar av i perioden kjem delvis til frådrag i etterlønna.
Roy Vardheim er konstituert i stillinga som administrerande direktør i Gassnova SF frå 1. februar 2021 og har gjensidig oppseiingstid på 6 månader. Som konstituert administrerande direktør har Vardheim ei lønn på 2 004 266 kroner.
Pensjonsordninga i føretaket omfattar alle tilsette og er basert på Statens pensjonskasses til kvar tid gjeldande reglar for pensjonsalder og aldersgrense. Samla kompensasjonsgrad skal ikkje overstige 66 prosent av lønna, avgrensa opp til 12 G.
15.2 Statnett SF
Konsernsjef Auke Lont hadde ei lønn på 3 201 565 kroner i 2020. I tillegg fekk han 182 105 kroner i anna godtgjersle. Kostnadsførte pensjonsforpliktingar var 2 412 303 kroner.
Hilde Tonne er ny konsernsjef i Statnett SF frå 15. mars 2021. Tonne har ei lønn på 5 100 000 kroner. I tillegg får ho anna godtgjersle tilsvarande om lag 185 000 kroner årleg.
Konsernsjefen deltar i Statnetts kollektive innskotspensjonsordning etter dei vilkåra som til kvar tid gjeld. På årsbasis vil innskotet utgjere om lag 180 000 kroner. Pensjonsgrunnlaget for alderspensjon overstig ikkje 12 G. Oppteningsalderen er 70 år.
Gjensidig oppseiingsfrist er 6 månader. Dersom styret tar initiativ til oppseiing, har ho avtale om inntil 12 månader lønn inkludert oppseiingstida.
15.3 Gassco AS
Administrerande direktør Frode Leversund hadde ei lønn på 3 377 000 kroner i 2020. I tillegg fekk han 281 000 kroner i variabel lønn og 33 000 kroner i anna godtgjersle. Kostnadsførte pensjonsforpliktingar var 225 000 kroner.
Administrerande direktør har ei bonusordning som kan gi inntil 10 prosent av fastlønna i bonus dersom han oppnår avtalte mål. Leversund har ytingsbasert pensjonsordning. Oppteningsalderen er 67 år. Han har ikkje pensjonsopptening for lønn over 12 G.
Gjensidig oppseiingstid er seks månader der anna ikkje følger av gjeldande lovverk. Han har ikkje avtale om etterlønn.
Fotnoter
Alle tal for utslepp til luft er frå SSBs førebelse tal for utslepp til luft for 2020.
Definisjonen av petroleumsverksemda følger her SSBs utsleppsrekneskap. SSBs utsleppsrekneskap inkluderer nokre fleire utslepp frå landanlegg enn det som går fram av Oljedirektoratets utsleppstal, jf. omtale i Norsk Petroleum.
Berekna for 2019 etter EUs definisjon, jf. fornybardirektivet.