Prop. 1 S (2021–2022)

FOR BUDSJETTÅRET 2022 — Utgiftskapitler: 600–667, 2470, 2541–2543, 2620–2686 Inntektskapitler: 3605–3642, 5470, 5571, 5607, 5701–5705

Til innholdsfortegnelse

Del 3
Omtale av særlege tema

7 Fornye, forenkle og forbetre

IKT-moderniseringa i Arbeids- og velferdsetaten

IKT-moderniseringa i Arbeids- og velferdsetaten skal sikre betre tenester for brukarane og auke effektiviteten i saksbehandlinga.

Løysingane for behandling av saker om økonomiske ytingar skal endrast slik at brukar har tilgang til døgnopne sjølvbeteningsløysingar som skal sørge for at dialogen mellom forvaltning og brukar ikkje krev fysisk oppmøte. Brukarane skal finne all naudsynt informasjon om Arbeids- og velferdsetaten sine tenester og eigne saker hos etaten på internett.

Kommunikasjonen mellom Arbeids- og velferdsetaten og arbeidsgivarar skal så langt som mogleg støttast av elektroniske dialogløysingar og automatisert datautveksling.

For Arbeids- og velferdsetaten vil nye løysingar for behandling av saker legge til rette for ein betydeleg auke i saker som kan behandlast automatisk. Dette vil gi raskare saksbehandling, auka likebehandling og betre kvalitet. Effektivisering av saksbehandlinga vil gjere det mogleg å frigjere årsverk i Arbeids- og velferdsetaten som ein kan omdisponere til arbeid med oppfølging for å få fleire i arbeid.

Prosjekt 1 og Prosjekt 2 i IKT-moderniseringa er avslutta. Prosjekt 3 held fram i 2021, og vert avslutta i 2022.

I Prosjekt 3 er det så langt m.a. ferdigstilt løysingar for svangerskapspengar, omsorgspengar og sjukepengar, med høg grad av automatisering. Det er vidare laga nye løysingar for stønad ved pleie av sjuke barn, barnetrygd og einsleg forsørgar. Det står att å sluttføre sjukepengeområdet, samt å lage løysingar for pleie av nærståande og for opplæringspengar.

Prosjekt 3 har levert ei rekke løysingar med god effektivitet og høg grad av automatisering, både for personbrukarar og saksbehandlarar i etaten. I dei fleste nye løysingane kan personbrukarar levere alt digitalt. Dei slepp å ettersende på papir, og dei får raskt svar på sine søknader.

Utviklinga av moderne systemløysingar held fram. «Fleire i arbeid – enklare, raskare, betre», som eit fjerde prosjekt i IKT-moderniseringa i Arbeids- og velferdsetaten, blei starta opp med ei løyving på 60 mill. kroner i 2021. Prosjekt 4 skal leggje til rette for å fase ut systema Arena/Abetal. Desse systema handterer i dag mellom anna vesentlege ytingsområde som dagpengar og arbeidsavklaringspengar. I prosjektet er det òg planlagt å modernisere tenesteyting og forvaltning av arbeidsmarknadstiltaka.

For 2022 foreslår regjeringa ei løyving på 316 mill. kroner samla til Prosjekt 3 og Prosjekt 4 (utfasing av systema Arena/Abetal) i IKT-moderniseringa i Arbeids- og velferdsetaten.

Sjå programkategori 09.10 Administrasjon av arbeids- og velferdspolitikken for nærmare omtale.

Regelverksendringar for å støtte opp under forenkling og digitalisering

Arbeids- og velferdsetaten moderniserer tenestene sine gjennom meir og betre bruk av digital teknologi. Målet for arbeidet med modernisering er å levere betre tenester til befolkninga, effektivisere arbeidsprosessar og å betre saksbehandlinga. Dette er i tråd med regjeringa sin strategi for digitalisering av offentleg sektor (Meld. St. 27 (2015–2016) Digital agenda for Norge – IKT for en enklere hverdag og økt produktivitet).

Som følgje av behandlinga av Prop. 135 L (2019–2020) Endringer i arbeids- og velferdsforvaltningsloven, sosialtjenesteloven, lov om Statens pensjonskasse og enkelte andre lover (behandling av personopplysninger), jf. Innst. 70 L (2021–2020), lovvedtak 16 (2020–2021), har Arbeids- og velferdsetaten, kommunen i arbeids- og velferdsforvaltninga, Statens pensjonskasse, Pensjonstrygden for sjømenn og Garantikassen for fiskere fått ein uttrykkeleg heimel for behandling av personopplysningar, og ein uttrykkeleg lovføresegn i dei enkelte lovene om at ein skal kunne fatte hel-automatiserte avgjerder. Vidare har Statens pensjonskasse, Pensjonstrygden for sjømenn og Garantikassen for fiskere fått ei lovfesta tilgang til å gjenbruke personopplysningar til enkelte andre føremål enn det dei blei henta inn for, mellom anna til statistikk og analyse, og at departementet kan gi nærmare reglar i føresegn om behandling av opplysningar.

Statens pensjonskasse

Statens pensjonskasse jobbar vedvarande med forbetringar av tenester og dagleg drift. Det er ei målsetting å halde automatiseringsgraden på eit høgt nivå samtidig som nytt pensjonsregelverk blir innført. Beteningsløysingane på nett blir vidareutvikla for å gjere det enklare for både medlemer og medlemsverksemder å søkje informasjon, få svar på spørsmål og få utført fleire oppgåver på nett. Nytt samordningsregelverk er innarbeida i medlemskalkulatoren. Det er i tillegg lagt ut ein enkel kalkulator for årskull født i 1963 eller seinare. Dei offentlege leverandørane av tenestepensjon blei i januar 2021 einige om eit rammeverk for maskinell utveksling av pensjonsdata. KLP vil i løpet av høsten 2021, som første leverandør, nytte ny løysning når dei skal hente oppteningsdata frå SPK. Partane har etablert eit samarbeid med Norsk Pensjon slik at Norsk Pensjon kan vise heilskaplege prognoser for offentleg tenestepensjon. Dette er digitaliseringstiltak som vil forbetre samhandlinga og som vil medverke til at ordningane kan gi meir fullstendig informasjon til medlemmene.

Pensjonsprogrammet PRO 25, for å innføre nytt pensjonsregelverk, er inne i sitt fjerde år. Ei sentral målsetting er å etablere effektive løysingar som også er tilrettelagde for digital samhandling med til dømes Arbeids- og velferdsetaten, Skatteetaten og andre tenestepensjonsleverandørar, men òg med medlemer og medlemsverksemder. Her blir også beteningsløysingar vidareutvikla.

Pensjonstrygda for sjømenn

Pensjonstrygda for sjømenn har gjennomført eit fornyingsprosjekt på IKT-området. Dei nye systema medfører ei betydeleg modernisering og effektivisering av etaten.

Pensjonstrygda for sjømenn har forenkla og automatisert fleire prosessar gjennom eit robotiseringsprosjekt. Det er òg lansert ei nettside for å gjere det enklare for både medlemer og medlemsverksemder å søke informasjon, få svar på spørsmål og få utført fleire oppgåver på nett. Det er utarbeidd ein app «Ditt PTS» som skal gjere det enklare for medlemer å finne eige fartstid, få kunnskap om pensjon for sjømenn, få meldingar, informasjon, simulere eigen pensjon og søke pensjon på mobil eller nettbrett.

IKT-systemet blei lagt til rette slik at det i 2020 kunne vidareutviklast for det justerte pensjonsregelverket i samband med den langsiktige tilpassinga til pensjonsreforma. Pensjonstrygda arbeider med å effektivisere og automatisere drifta ytterlegare. PTS har videre igangsett eit prosjekt for å kjøpe IT-infrastruktur som ei teneste for å minske kompetanse- og ressurssårbarheit.

8 FN sine berekraftsmål

FN vedtok i september 2015 berekraftsmål for perioden fram mot 2030 (Agenda 2030). Måla forpliktar Noreg både internasjonalt og nasjonalt. I nasjonalbudsjettet for 2022 blir det gitt ei samla omtale av nasjonal og internasjonal oppfølging av alle berekraftsmåla.

Regjeringa la 23. juni 2021 fram for Stortinget Meld. St. 40 (2020–2021) Mål med mening – Norges handlingsplan for å nå bærekraftsmålene innen 2030.

Arbeids- og sosialdepartementet har ansvar for koordinering av berekraftsmål 1, og bidreg til berekraftsmål 8.

Berekraftsmål 1 – innsats mot fattigdom

Arbeids- og sosialdepartementet har ansvaret for å koordinere innanlandsk oppfølging av berekraftsmål 1 om å utrydde alle former for fattigdom. Berekraftsmål 1 følgjast opp nasjonalt gjennom den breie innsatsen for å redusere fattigdom og motverke ulikskap.

Regjeringa sitt mål er eit samfunn med små forskjellar. Regjeringa vil redusere fattigdom og auke den sosiale mobiliteten gjennom å inkludere fleire i arbeidslivet og redusere risikoen for at levekårsutfordringar går i arv. Regjeringa har som første prioritet i velferdspolitikken å kjempe mot fattigdom, særleg blant barnefamiliar, og sørge for at færre fell ut av samfunns- og arbeidsliv.

Eit av delmåla under berekraftsmål 1 er å minst halvere delen av menn, kvinner og barn som lever i fattigdom, i samsvar med nasjonale definisjonar. Det er ikkje ein offisiell definisjon av fattigdom eller fattigdomsgrense i Noreg. Ein indikator for kor mange som er utsette for fattigdom, er delen som har inntekt under eit bestemt nivå i inntektsfordelinga, til dømes 60 pst. av medianinntekta, i ein bestemt periode. Om låginntekt som indikator på fattigdom, sjå del I, punkt 3.4 Lavinntekt og levekår. Sjølv om forskjellane i inntekt og levekår er mindre enn i andre land, er det òg i Noreg tendensar til noko aukande skilnader i inntekt og fleire med låginntekt. Delen i befolkninga med vedvarande låginntekt har auka noko i dei seinare år, og det har over ei tid vore ein auke i talet på barn i hushald med låg inntekt. I perioden 2017–2019 hadde 10,1 pst. av befolkninga vedvarande låginntekt (studentar er haldne utanfor). Delen barn i hushald med vedvarande låginntekt var i perioden 2017–2019 11,7 pst.

Delen av befolkninga med låginntekt vil, når grensa for låginntekt er sett ut i frå medianinntekta, avhenge av utviklinga i det generelle inntektsnivået. Når delen med relativ låginntekt aukar, betyr det at hushald nedst i inntektsfordelinga har ein lågare inntektsvekst enn befolkninga som heilskap. Sjølv om veksten i realinntekta i snitt over tid har vore betydeleg òg for desse, har han vore svakare enn veksten i det generelle inntektsnivået. Realinntektene, måla som medianinntekt, auka frå 1986 til 2019 med nærare 80 pst., medan den gjennomsnittlege inntekta etter skatt for tidelen med lågast inntekt auka med rett under 60 pst. Dersom ein låser låginntektsgrensa til nivået for kjøpekraft i eit bestemt år, til dømes år 2005, er delen med låginntekt målt ved 60 pst. av medianinntekta meir enn halvert. Dei siste åra har veksten i realinntekta i norske hushald vore svak, og hushald nedst i inntektsfordelinga har hatt ein nedgang i realinntekta. Delen med låginntekt etter ei fast låginntektsgrense har som følge av dette endra seg lite dei siste åra. Barnefamiliar med små barn, einslege foreldre og unge som bur aleine er grupper som har hatt ei svak inntektsutvikling dei siste åra. Det er forholdsvis stor mobilitet ut av og inn i gruppa med låginntekt. For ei nærare framstilling av utviklinga i låginntekt og levekår, sjå del I, punkt 3.4 Lavinntekt og levekår.

Meld. St. 13 (2018–2019) tek for seg ulikskap og låginntekt i Noreg i eit internasjonalt perspektiv, og betydinga av arbeidsmarknaden, utdanning og trygdeordningar for fordeling. Meldinga tar òg opp ulikskap i helse, og demokratisk og sosial deltaking. Meldinga presenterer regjeringa sin innsats for å bidra til sosial berekraft og motverke ulikskap og konsekvensar av ulikskap. Offentlege velferdstenester, som barnehage, skule og utdanning og helse- og omsorgstenester, bidreg til likskap i moglegheiter og til å redusere forskjellar i levekår.

For personar i yrkesaktiv alder, heng fattigdom og låginntekt til stor del saman med manglande eller for låg deltaking i arbeidsmarknaden. Arbeids- og velferdspolitikken er derfor sentral i innsatsen mot fattigdom. Manglande deltaking i arbeidsmarknaden har ofte årsak i utfordringar på andre levekårsområde. Personar som har utfordringar med helse, bustad og sosiale forhold kan ha behov for samordna bistand frå arbeids- og velferdsforvaltninga og andre tenester.

Det sosiale tryggingsnettet skal bidra til at alle får naudsynt bistand slik at dei kan delta i arbeidslivet og på andre arenaer i samfunnet. Det sosiale tryggingsnettet omfattar òg velferdstenester som familievern og barnevern, helsetenester og tiltak for rusavhengige, bustadsosialt arbeid og innsats for vanskelegstilte på bustadmarknaden mv. Tiltak og innsatsar i utdanningspolitikken, helse- og omsorgspolitikken, bustadpolitikken, oppvekst- og familiepolitikken, integreringspolitikken mv. har òg stor betyding for innsatsen mot fattigdom.

Regjeringa har i løpet av sin regjeringsperiode tatt mange initiativ for å hindre at enkeltpersonar og familiar fell utanfor arbeidslivet og andre viktige arenaer i samfunnet. Desse utfordringane krev like fullt ein kontinuerleg og fornya innsats. Samfunnet endrar seg, og årsakene til utanforskap er ofte samansette og gjensidig forsterkande. Ein politikk for å førebygge utanforskap må derfor omfatte eit breitt spekter av politikkområde. Regjeringa la 4. juni 2021 fram Meld. St. 32 (2020–2021) Ingen utenfor – En helhetlig politikk for å inkludere flere i arbeids- og samfunnsliv.

Arbeids- og sosialdepartementet har eit ansvar for å koordinere regjeringa sin innsats mot fattigdom. Prinsippet om sektoransvar gjeld og inneber at omsynet til fattigdom skal ivaretakast innanfor ansvarsområda til sektordepartementa.

Regjeringa vil prioritere desse tiltaka i 2022:

  • 51,1 mill. kroner til ordninga med gratis SFO for familiar med låg inntekt i utvalde kommunar.

  • 240 mill. kroner til oppfølging av elevar som har fått tapt fagleg og sosial læring i skulen som følge av koronapandemien.

  • 100 mill. kroner til oppbygginga av kompetanseløftet i spesialpedagogikk og inkluderande praksis som oppfølging av Meld. St. 6 (2019–2020) Tett på – tidlig innsats og inkluderende fellesskap i barnehage, skole og SFO.

  • 225 mill. kroner til å starte nasjonal utrulling av fritidskortet frå hausten 2022.

  • 35 mill. kroner til å styrkje den nye og samanslåtte tilskotsordninga Tilskot til å inkludere barn og unge.

  • 20 mill. kroner til auka pedagogtettleik i barnehagar i levekårsutsette område.

  • 23,5 mill. kroner til å heve inntektsgrensene for fri rettshjelp med 10 pst.

  • 71 mill. kroner til å styrkje bustøtteordninga for barnefamiliar og andre store husstandar.

  • 7,5 mill. kroner til å styrkje tilskotsordninga Inkludering i kulturliv.

  • 13 mill. kroner til å starte opp eit arbeid med å utvikle digitale løysningar for samhandling mellom brukarar og arbeids- og velferdsforvaltninga innan økonomisk rådgjeving, jf. omtale under del I, punkt 2.2.7 Styrking av økonomisk rådgivning.

Nedanfor blir satsingar i 2022 og andre innsatsar under Arbeids- og sosialdepartementet, Kunnskapsdepartementet, Barne- og familiedepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet og Kulturdepartementet som har særleg betyding for innsatsen mot fattigdom omtala. Ei meir utførleg omtale er å finne i budsjettproposisjonane til dei ulike departementa.

Arbeid og velferd

Deltaking i arbeidsmarknaden er det viktigaste for å førebygge og redusere fattigdom. Arbeid gir inntekt og økonomisk sjølvstende, og betrar levekåra og livssituasjonen til enkeltpersonar og familiar. Arbeid gir òg fellesskap og nettverk. Innsatsen for å få fleire i arbeid er viktig for å motverke at låginntekt og levekårsutfordringar går i arv. Arbeids- og velferdspolitikken skal legge til rette for at flest mogleg kan forsørgje seg sjølve gjennom arbeid. Arbeids- og velferdsforvaltninga rår over ei rekke tiltak og verkemiddel for personar som treng arbeidsretta bistand og oppfølging. Inntektssikringsordningane skal gi økonomisk tryggleik for personar som ikkje kan arbeide.

Regjeringa arbeider for brei deltaking i arbeidslivet. Enkelte grupper opplever særlege utfordringar med å få innpass i arbeidslivet og har behov for bistand som styrker deira moglegheiter til å kome i jobb. Det kan mellom anna gjelde fleire med nedsett funksjonsevne og personar med hol i CV-en. Regjeringa har difor sett i verk ein dugnad for å inkludere fleire med nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en i arbeidslivet.

Koronapandemien og dei omfattande smitteverntiltaka har gitt store endringar i arbeidsmarknaden, og har også fått konsekvensar for inkluderingsdugnaden. Det har vore viktig for regjeringa at målgruppene i inkluderingsdugnaden ikkje skulle skyvast lengre unna arbeidsmarknaden, men få den bistanden dei treng for å kome i jobb. Inkluderingsdugnaden blei difor betydeleg styrka i 2021. Innsatsen vidareførast og styrkast også i 2022. Inkluderingsdugnaden er nærare omtala i hovudmål om eit omstillingsdyktig arbeidsliv med høy sysselsetjing.

Sysselsetjingsutvalet leverte i februar 2021 rapport frå andre fase i sitt arbeid om tiltak som kan få fleire i arbeid. Utvalet kom med forslag og vurderingar på ei rekkje områder for å bidra til at inngangen til arbeidslivet blir lettare for dei som står utanfor, og at frafallet frå arbeidslivet reduserast. Dei to rapportane frå utvalet har vore på høyring. Regjeringa vil vurdere forslaga i lys av høyringa.

Mange unge står utanfor arbeid og utdanning. Regjeringa sette i 2017 i verk ein forsterka ungdomsinnsats, som held fram i 2022. Innsatsen skal bidra til at unge under 30 år seinast innan åtte veker får tilbod om individuell og tilpassa arbeidsretta oppfølging frå Arbeids- og velferdsetaten. Det er innført aktivitetsplikt for mottakarar av økonomisk sosialhjelp under 30 år. Regjeringa foreslår å vidareføre og styrke innsatsen for unge som står utanfor arbeid og utdanning i 2022. Innsatsen for unge er nærare omtala i hovudmål om eit omstillingsdyktig arbeidsliv med høy sysselsetjing.

For ei vellukka integrering er det viktig at dei som bur i Noreg lærar seg norsk og kjem i arbeid eller utdanning. Regjeringa har i Granavolden-plattforma sagt at ho vil stille krav om deltaking i norskopplæring for mottakarar av økonomisk stønad som pga. manglande norskkunnskapar ikkje er sjølvhjelpne. Arbeids- og sosialdepartementet la fram ein lovproposisjon hausten 2020 med forslag om å innføre norskopplæringsplikt og vurderingsplikt i samband med vedtak om økonomisk sosialstønad. Endringane om norskopplæringsplikt og vurderingsplikt i samband med vedtak om økonomisk stønad trådte i kraft 1. januar 2021.

Økonomisk rådgjeving og andre sosiale tenester i NAV-kontoret er sentrale i innsatsen mot fattigdom. Sjå omtale i del II, under hovudmål om økonomisk og sosial sikkerhet.

Utdanning

Kunnskap og kompetanse er ein viktig føresetnad for at ein stor del av befolkninga deltek i arbeids- og samfunnslivet. Deltaking i barnehage, skule, læreverksemder og høgare utdanning legg grunnlaget for sjølvstende, sosial mobilitet og medverknad. Ved at den enkelte får utnytta evnene sine, vil dei kunne realisere sine ønsker og ambisjonar, og bidra til fellesskapet ved å delta i arbeids- og samfunnsliv.

Regjeringa har gitt barnehagepolitikken ein tydelegare sosial profil gjennom fleire tiltak for å fjerne økonomiske hindringar for at barn får gå i barnehage. Gratis kjernetid på 20 timar per veke er eit tilbod til barn i alderen 2–5 år frå familiar med låg inntekt. Eit nasjonalt minstekrav til redusert foreldrebetaling gjer at ingen familiar må betale meir enn seks pst. av samla skattbar inntekt for ein barnehageplass, med maksimalprisen som ei øvre grense. I Granavolden-plattforma står det at regjeringa vil gi rett til barnehageplass for alle barn i mottak. Frå hausten 2020 er det gitt tilskot for heiltidsplass i barnehage for alle barn i mottak frå eitt år og oppover.

I Granavolden-plattforma står det at regjeringa vil innføre ordningar med redusert foreldrebetaling og gratis opphald på SFO/AKS etter skuletid for barn av foreldre med låg inntekt. Regjeringa innførte hausten 2020 ei nasjonal ordning med inntektsgradert foreldrebetaling som gjer at familiane maksimalt skal betale seks pst. av den samla person- og kapitalinntekta til husstanden for eit heiltidstilbod per barn i SFO ved offentlege skolar på 1.–2. trinn. Ordinga blei utvida til også å gjelde 3.–4. trinn frå hausten 2021. Regjeringa har òg innført gratis SFO for elevar med særskilde behov på 5.–7. trinn. I tillegg til dei nasjonale ordningane har regjeringa oppretta to øyremerka tilskotsordningar for lågare foreldrebetaling i SFO: ei ordning med gratis SFO for familiar med låg inntekt i utvalde kommuner og ei tilskotsordning for SFO ved friskular. Det blir òg gitt tilskot til skulefritidsordning for barn i integreringsmottak. Regjeringa foreslår for 2022 å auke løyvinga til ordninga med gratis SFO til totalt 51,5 mill. kroner.

Koronapandemien, delvis stengde skuler og strenge smitteverntiltak har hatt store konsekvensar for mange elevar i 2020 og 2021, og vil framleis ha konsekvensar i 2022. Regjeringa foreslår å løyve 240 mill. kroner i 2022 til oppfølging av elevar som har fått tapt fagleg og sosial læring i skulen.

Regjeringa la hausten 2019 fram Meld. St. 6 (2019–2020) Tett på – tidlig innsats og inkluderende fellesskap i barnehage, skole og SFO. Målet med oppfølginga av meldinga er å styrke arbeidet med tidleg innsats og å legge til rette for eit godt tilpassa og inkluderande tilbod for alle barn og unge – uavhengig av ulike føresetnadar og behov. Regjeringa foreslår i oppfølginga av meldinga å løyve 100 mill. kroner i 2022 til oppbygginga av kompetanseløftet i spesialpedagogikk og inkluderande praksis.

0–24-samarbeidet (2015–2020) har hatt som mål å gi betre samordna tenester slik at utsette barn og unge og familiane deira får tilpassa og tidleg hjelp. Dette kan bidra til at dei kan lykkast i skulen, noko som igjen kan gi grunnlag for varig deltaking i arbeidslivet. Våren 2021 blei det innført eit viktig tiltak for å betre det tverrfaglege samarbeidet mellom tenestene for utsette barn og unge: Stortinget vedtok endringar i alle velferdstenestelovane, jf. Prop. 100 L (2020–2021) Endringer i velferdstjenestelovgivgningen (samarbeid, samordning og barnekoordinator) og Innst. 58 L (2020–2021). Endringane omfattar mellom anna harmonisering og styrking av reglane om samarbeid og individuell plan, innføring av ei samordningsplikt for kommunen ved yting av velferdstenester og innføring av ein rett til barnekoordinator. Det er òg sette i gang ein pilot for programfinansiering i tolv kommunar i tre fylke, Trøndelag, Innlandet og Vestfold og Telemark. Statlege tilskot retta mot barn og unge under fleire departement er slått saman, og midla skal nyttast til tverrsektorielle og tverrfaglege tiltak for utsette barn og unge og deira familiar. Forsøket starta opp i 2020 og skal gå ut 2022. Grunnstipendet for elevar i vidaregåande opplæring blei lagt om frå skuleåret 2015–2016. Ungdommar i låginntektsfamiliar har fått meir i skulestipend.

Våren 2021 la regjeringa fram Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden. I statsbudsjettet for 2022 foreslår regjeringa over 800 mill. kroner til oppfølging av Fullføringsreforma. Regjeringa foreslår mellom anna å vidareføre tilskotet for at personar som har brukt opp retten til vidaregåande opplæring, kan fullføre. Midlane legg til rette for å utvide retten til vidaregåande opplæring frå 2023 i ny opplæringslov. Det blir òg foreslått midlar som legg til rette for at opplæringa blir betre tilpassa og meir fleksibel for elevane.

Regjeringa foreslår vidare å trappe opp tilskotet for å gi personar som allereie har studie- eller yrkeskompetanse, tilbod om å ta eit fagbrev. I budsjettforslaget aukar òg tilskotet for å gi eit betre tilbod til dei som ikkje får læreplass.

Fleire av tiltaka som følger opp Fullføringsreformen inngår i Utdanningsløftet 2020, som blei lansert våren 2020 for å motverke dei økonomiske konsekvensane av koronapandemien.

Regjeringa gjennomfører kompetansereforma Lære hele livet for at ingen skal gå ut på dato i arbeidslivet og for at fleire skal kunne stå lenger i arbeid. Opplæringstilbodet til vaksne med svake grunnleggande ferdigheiter blir styrkt, mellom anna gjennom eigne læreplanar for vaksne. Løyvinga til Kompetansepluss, ei tilskotsordning for opplæring i grunnleggande ferdigheiter i mellom anna lesing, skriving og rekning, har auka dei siste åra. Regjeringa la våren 2020 fram ei melding til Stortinget om kompetansereforma. Meldinga inneheld fleire tiltak som er retta mot å tette gapet mellom kva for kompetanse arbeidslivet treng, og den kompetansen arbeidstakarane faktisk har.

Sjå Prop. 1 S (2021–2022) for Kunnskapsdepartementet for nærare omtale.

Oppvekst og familie

Regjeringa vil arbeide for ein familiepolitikk som omfattar alle familiar, og som tek utgangspunkt i kvardagen deira. Dei fleste barn i Noreg veks opp i ein trygg familie med gode økonomiske kår. Samstundes er det familiar som har så låg inntekt at det avgrensar høvet deira til å delta i samfunnet på ein fullverdig måte. Dette rammar barna og kan ha konsekvensar for dei langt fram i tid.

I tillegg til familien er barnehage, skule, skulefritidsordninga, nærmiljøet og fritidsaktivitetar viktig for barnas utvikling av kunnskap og ferdigheiter som vil vere nyttige for deira deltaking i samfunnet.

Barn som veks opp i låginntektsfamiliar har oftare dårleg helse, svake skuleprestasjonar og deltar sjeldnare i fritidsaktivitetar. Dei har òg større risiko for å hamne utanfor arbeidslivet og oppleve låg inntekt som vaksne. Regjeringa vil at barn som veks opp i låginntektsfamiliar skal kunne delta i sosiale fellesskap og samfunnet saman med andre barn. Trygg og god omsorg, gode barnehagar og skuler og deltaking i sosiale aktivitetar på fritida er grunnleggjande i dette arbeidet. Vellukka integrering, trygge butilhøve og gode helsetenester er òg viktig i den samla innsatsen retta mot barn i familiar med låg inntekt.

For å leggje til rette for at alle barn og unge får ein trygg og god oppvekst, er innsatsen rundt utsette familiar styrkt. Løyvingane til barnetrygd, ferie- og fritidsaktivitetar, helsestasjon- og skulehelsetenestene, barnevernet og arbeidet mot vald og overgrep er auka. Bustøtta for barnefamiliar og andre store husstandar er auka, og barnefamiliar er ei prioritert målgruppe i det bustadsosiale arbeidet. Områdesatsingane i Oslo, Drammen, Bergen, Trondheim og Stavanger bidreg til betre oppveksthøve og nærmiljø i utsette byområde.

Hausten 2020 la regjeringa fram Like muligheter i oppveksten – regjeringens samarbeidsstrategi for barn og ungdom i lavinntektsfamilier (2020–2023). Denne følger opp Barn som lever i fattigdom – regjeringens strategi (2015–2017). Målet for strategien er å dempe dei negative konsekvensane av å vekse opp i fattigdom, auke deltakinga på viktige arenaer i oppveksten, og gjennom dette hindre at låginntekt og levekårsutfordringar går i arv. Strategien inneheld mellom anna tiltak som bidreg til at barn og unge gjennomfører utdanningsløp, kan delta i fritidsaktivitetar, får betre tilgang til helsetenester og gode og trygge butilhøve. I samband med at strategien blei lagt fram, føreslo regjeringa ei rekke tiltak i Prop. 1 S (2020–2021), mellom anna 413 mill. kroner til auka barnetrygd, 120 mill. kroner til å inkludere fleire kommunar i utprøvinga av fritidskortet, 70 mill. kroner til auka eingongsstønad og 38,5 mill. kroner til styrkt nasjonal tilskotsordning for å inkludere barn og unge.

I 2019 blei den ordinære barnetrygda auka for fyrste gang sidan 1996. Auken var på om lag 1 000 kroner i året og gjaldt alle barn. I september 2020 auka i tillegg den månadlege utbetalinga for barn under seks år med 300 kroner, og frå 1. september 2021 blei den auka med ytterlegare 300 kroner i månaden for same aldersgruppe. Den årlege barnetrygda for småbarnsfamiliane har dermed auka med 8 200 kroner i året sidan 2019. Småbarnsforeldre har ofte kortare tid i yrkeslivet, og kan derfor ha ein svakare privatøkonomi enn foreldre med eldre barn. Auka vil bety relativt meir for dei med låg inntekt enn for dei med høg inntekt. For å tydeleggjere at endringane skal kome sosialhjelpsmottakarar til gode, har regjeringa heva dei rettleiande statlege satsane for økonomisk stønad til livsopphald for barn 0–5 år med tilsvarande beløp som auken i barnetrygda sidan 2020.

Regjeringa ønsker å gjere det lettare for barn frå seks til fylte 18 år å delta på fritidsaktivitetar. I 2019 starta ei utprøving med fritidskortordningar i Arendal og Vadsø, og frå hausten 2021 er totalt 24 kommunar med i prøveprosjektet. Fritidskortet skal bidra til å dekkje utgifter til faste, organiserte fritidsaktivitetar slik at fleire barn og unge kan delta i fritidsaktivitetar. Løyvinga til Nasjonal tilskotsordning for å inkludere barn og unge er òg auka med om lag 260 mill. kroner sidan 2014. Frå 2022 vil regjeringa slå saman tilskotsordningane Nasjonal tilskotsordning for å inkludere barn og unge, Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn og Støtte til oppfølgings- og losfunksjonar for ungdom til ei tilskotsordning.

Regjeringa vil prioritere desse tiltaka i 2022:

  • 225 mill. kroner til å starte nasjonal utrulling av fritidskortet frå hausten 2022.

  • 35 mill. kroner til å styrkje den nye og samanslåtte tilskotsordninga Tilskot til å inkludere barn og unge.

  • 51,1 mill. kroner til ordninga med gratis SFO for familiar med låg inntekt i utvalde kommunar.

  • 20 mill. kroner til auka pedagogtettleik i barnehagar i levekårsutsette område.

  • 23,5 mill. kroner til å heve inntektsgrensene for fri rettshjelp med 10 pst.

  • 71 mill. kroner til å styrkje bustøtteordninga for barnefamiliar og andre store husstandar.

  • 7,5 mill. kroner til å styrkje tilskotsordninga Inkludering i kulturliv.

Sjå meir omtale av regjeringa sitt arbeid mot barnefattigdom i Prop. 1 S (2021–2022) for Barne- og familiedepartementet.

Deltaking i frivilligheita

Frivillige organisasjonar innan idrett, kunst og kultur tilbyr fritidsaktivitetar for barn og unge, og er viktige arenaer i utviklinga av fysisk, kulturell og sosial kapital. Deltaking i organisasjonsliv er ulikt fordelt, og heng saman med grad av utdanning, inntekt og yrkesdeltaking. Dei med store økonomiske, sosiale eller kulturelle ressursar deltek oftast i frivillig arbeid. Omfanget av foreldrefrivilligheit er betydeleg på kultur- og fritidsfeltet. Dersom foreldre av ulike årsaker ikkje kan engasjere seg i fritida til barna, kan dette føre til at barna ikkje deltek. For å lukkast med å inkludere fleire i frivillige aktivitetar er det derfor viktig å nå både barn og foreldre. Virusutbrotet har påverka aktivitetsnivået i organisasjonane. Regjeringa har oppretthaldt tilskota til frivillige organisasjonar på same nivå som før pandemien. I tillegg har regjeringa oppretta kompensasjons- og stimuleringsordningar for å støtte frivilligheita gjennom pandemien.

Det er eit overordna frivilligheitspolitisk mål å auka deltakinga i frivillige organisasjonar. På frivilligheitsområdet prioriterer regjeringa både breie og målretta tiltak og ønsker å:

  • Oppretthalde støtta til dei breie og universelle ordningane som gir frivillige organisasjonar økonomiske rammevilkår som set dei i stand til å rekruttere, auke deltaking og bevare eit mangfald av frivillige aktivitetar. Dei viktigaste ordningane på dette området er Frifond og momskompensasjon for frivillige organisasjonar.

  • Halde fram med å gi støtte til målretta tiltak for å rekruttere dei som ikkje deltek i frivillig aktivitet.

    • Eit nytt tiltak er tilskotsordninga for Inkludering i kulturliv, som er særleg retta mot barn og unge som ikkje deltar i fritidsaktivitetar, etter modell frå ei tilsvarende ordning Inkludering i Idrettslag. Det er foreslått ei ekstra løyving på 7,5 mill. kroner til Inkludering i kulturliv, som del av regjeringa si satsing retta mot barn i låginntektsfamiliar.

    • I august 2021 la regjeringa fram ein idrettsstrategi. Med strategien vil regjeringa fremje mangfald og inkludering i idrett og bidra til å styrke idrettsaktiviteten etter pandemien. Strategien vektlegg mellom anna behovet for å sikre låge kostnader for å motverke sosiale skilnader i deltaking.

Sjå meir omtale i Prop. 1 S (2021–2022) for Kulturdepartementet.

Helse

I Granavolden-plattforma går det fram at «Ein god og førebyggande folkehelsepolitikk skal legge til rette for at den enkelte kan ta gode val for eiga helse. God helse og gode levekår heng saman, og folkehelsearbeidet må legge til rette for ei betre helse for alle. Dette vil òg bidra til å redusera sosial forskjell. Helsevanane som blir tidleg etablerte i livet, påverkar moglegheitene til å lykkast i skulen og i arbeidslivet».

Regjeringa sitt mål er å skape gode helse- og omsorgstenester til pasienten. Alle skal ha likeverdig tilgang til helsetenester av god kvalitet. Sosiale helseforskjellar kjem mellom anna til uttrykk i ulik forventa levealder etter utdanning, inntekt og andre sosioøkonomiske kjenneteikn. Det er sosiale forskjellar i levevaner, der dei med kort utdanning eller låg inntekt òg har mest usunne levevaner. Barn som lever i låginntektsfamiliar er særleg utsette.

I det systematiske og langsiktige folkehelsearbeidet er derfor tverrsektoriell innsats i alle sektorar viktig for å bidra til å jamna ut sosiale helseforskjellar og til å redusera fattigdom. Ein viktig del av dette er å skapa eit trygt samfunn og fremme helsevennlege val. Regjeringa vil forsterka innsatsen for å redusere forskjellar, mellom anna ved å legge vekt på fordelingseffektar ved prioritering av folkehelsetiltak.

Folkehelsearbeidet i kommunane har stor betyding for å bidra til å redusere forskjellar og fremme deltaking for alle. Folkehelseinstituttet publiserer årleg folkehelseprofilar for alle kommunar og fylke, og frå 2021 blir det òg utarbeidd eigne oppvekstprofilar om situasjonen til barn og unge i kommunane. Dette gir viktig kunnskap for kommunane, og viser forhold som kan forklarast med sosial forskjell og ulike levekår. I folkehelseprofilane er det tatt inn ein indikator for utdanningsforskjellar i forventa levealder. For dei største kommunane er det profilar på bydelnivå, og forskjellar innan kommunen blir synleggjorde. Helsedirektoratet har òg igangsett eit arbeid for å få betre kunnskap om livskvalitet i Noreg, og i ei undersøking frå 2021 kjem det fram at ein høg del av dei som mottar økonomisk sosialhjelp, som er uføre, arbeidsledige, eller som opplever dårleg psykisk eller fysisk helse, oppgir dårleg livskvalitet.

Med Program for folkehelsearbeid (2017–2027) har regjeringa starta eit tiårig utviklingsarbeid retta mot kommunane i samarbeid med KS og Helsedirektoratet. Barn og unge er ei prioritert målgruppe, og utjamning av sosiale helseforskjellar er ein viktig ambisjon.

Regjeringa følger opp folkehelsemeldinga, Meld. St. 19 (2018–2019) Gode liv i eit trygt samfunn, med fleire strategiar og handlingsplanar. I Saman mot einsemd – regjeringa si strategi for å førebyggje einsemd (2019–2023) er særleg barn, unge og eldre målgrupper. I Sammen om aktive liv, handlingsplan for fysisk aktivitet (2020–2029) vektleggast innsats for meir aktivitetsvennlege omgivnader og fysisk aktivitet i felles arenaer som barnehage, skule og arbeidsliv.

Alkoholbruk, tobakksbruk og usunt kosthald kan ha store konsekvensar for den enkeltes helse og livssituasjon. Gjennom nasjonal alkoholstrategi (2021--2025), oppfølging av tobakksstrategien (2019–2021) og oppfølging av handlingsplan for betre kosthald (utvida til 2023), herunder tilrettelegging for sunne val gjennom samarbeid med matvarebransjen, vil regjeringa legga til rette for redusert alkohol- og tobakksbruk og sunt kosthald. Viktig i denne samanhengen er dei førebyggande befolkningsretta tiltaka som får effekt for alle uavhengig av økonomi og sosial status.

Koronapandemien har ramma både storsamfunn, små og store fellesskap og einskildindivid. Med eit vaksineprogram mot covid-19 er testing og vaksinar gjort gratis for alle. For regjeringa er det viktig både å ta vare på befolkninga som heilskap og dei som har det vanskelegast, til dømes barn og unge utan eit godt fungerande nettverk rundt seg, eldre som er mykje åleine og sjuke og deira pårørande. Menneske med psykiske lidingar og rusmiddellidingar er òg særleg utsette. Eit godt folkehelsearbeid og helse- og omsorgstilbod av god kvalitet og som er tilgjengelege for alle, i tillegg til godt samarbeid mellom offentlege, frivillige og private tenester, har gitt grunnlag for ei god oppfølging. Tiltak innan psykisk helse er viktig i arbeidet med utjamning av helseskilnader i befolkninga.

For å redusere dei negative konsekvensane av sosiale avgrensingar og stengde tilbod, har regjeringa styrkt lavterskel tilbod innan psykisk helse og rusmiddelproblem, og tilskot til frivillige aktivitetar til utsette barn og unge.

Regjeringa har overoppfylt målet om å auke løyvingane til rusfeltet med 2,4 mrd. kroner, i tråd med langsiktige mål og tiltak i Prop. 15 S (2015–2016) Opptrappingsplanen for rusfeltet (2016–2020). Gjennom stimuleringsmidlar og vekst i dei frie inntektene har regjeringa gjennomført målsetjinga om ein særleg innsats retta mot kommunane gjennom fem hovudmål. Innsatsen har retta seg mot ordningar som betrar tenestene og oppfølgingsarbeidet for målgruppa, til dømes arbeidsretta tiltak, bustad, brukarstyrte løysingar, fengselshelseteneste og oppsøkande behandling. Helsedirektoratet har i samarbeid med andre direktorat, Husbanken og statsforvaltaren vore sentrale i gjennomføringa av Opptrappingsplanen for rusfeltet. Satsinga har hatt god måloppnåing. Rapporteringa viser at opptrappingsplanen har gitt resultat i form av auka tenesteyting og fleire årsverk.

Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2021–2022) for Helse- og omsorgsdepartementet.

Bustad

Trygge og gode butilhøve er viktig for å redusere fattigdom og ulikskap, og bustøtta er eit effektivt verkemiddel for å hjelpe dei som treng det mest. Koronapandemien førte til at fleire fekk økonomiske utfordringar og problem på bustadmarknaden. For å bidra til å bøte på situasjonen for dei mest sårbare, blei bustøtta mellombels styrka i perioden 1. april til 31. oktober 2020, jf. Prop. 117 S (2019–2020) og Innst. 216 S (2019–2020). Videre har regjeringa redusert grensa for minsteutbetaling av bustøtte til 50 kroner, og endra reglene slik at dei likestiller foreldra når barn har delt fast bustad.

Regjeringa vil ha ei god bustøtteordning som er målretta mot dei som treng ho mest. Regjeringa har styrka bustøtta, og sytt for ei betre ordning for prisjustering og meir treffsikker tildeling gjennom å ta i bruk nyare inntektsopplysingar. I 2022 foreslår regjeringa å styrke innsatsen ytterlegare for barnefamiliar og andre store husstandar, og foreslår derfor å auke løyvinga med 71 mill. kroner i 2022.

Regjeringa la hausten 2020 fram ein ny nasjonal strategi for den bustadsosiale politikken (2021–2024).

Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2021–2022) for Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Områdesatsingar for betre levekår i utsette byområde

Områdesatsingane er eit viktig tiltak for å medverke til inkludering og likeverdige levekår i utsette byområde. Regjeringa vil derfor halde fram med å støtte dette samarbeidet med kommunane. I statsbudsjettet for 2022 blir det foreslått ei løyving på om lag 210 mill. kroner til områdesatsingar i Oslo, Drammen, Bergen, Trondheim og Stavanger.

Områdesatsingane skal forbetre tenester og nærmiljøkvalitetar der behova er størst, slik at fleire blir økonomisk sjølvstendige og aktivt deltakande i lokalsamfunn og storsamfunn. I områdesatsingane har det mellom anna blitt sett i verk tiltak for å få fleire i arbeid, ruste opp bu- og nærmiljø, skape møteplassar og kulturaktivitetar, betre integreringa av innvandrarar, betre resultata i grunnskulen, redusere fråfallet i vidaregåande skule, redusere kriminaliteten og styrke folkehelsa. Dette er viktige føresetnader for å motverke fattigdom på både kort og lang sikt. Sjå også NOU 2020: 16 Levekår i byer – Gode lokalsamfunn for alle, som By- og levekårsutvalget leverte i desember 2020.

Sjå nærare omtale av områdesatsingar i Prop. 1 S (2021–2022) for Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Skulelos for rom

Romane er ein av dei fem nasjonale minoritetane i Noreg. Levekårsutfordringane blant norske romar er alvorlege, og det er mellom anna høg grad av analfabetisme og fråfall i skulen. På budsjettområdet til Kommunal- og moderniseringsdepartementet løyves middel til tiltak for å betre levekåra til norske romar, særleg til tiltak i skulen.

Oslo kommune sitt tiltak Skolelos for romelever har vore i drift i fleire år. Skulelosane arbeider for å styrke læringsutbytet til elevane, redusere fråvær og auke talet på elevar som fullfører grunnopplæringa. Skulelosane hjelper mellom anna med koordinering mellom skulen, eleven og heimen.

Den seinare tida har det vore aukande tilflytting av romar til Lørenskog. Frå 2022 skal bevilgningen òg kunne nyttast til tiltak i regi av Lørenskog kommune.

Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2021–2022) for Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Integrering

Hovudmålet for integreringspolitikken er at fleire er i arbeid og deltek i samfunnslivet. Regjeringa har starta eit integreringsløft, som heng tett saman med inkluderingsdugnaden og kompetansereforma. Desse initiativa gir høve til å ta større grep for å få fleire i arbeid. Regjeringa vil hindre at store grupper fell frå eller blir ståande utanfor arbeidslivet, og motverke systematiske skilnader i levekår mellom ulike grupper.

Regjeringa la i 2018 fram si integreringsstrategi (2019–2022), som gir ei tydeleg retning for integreringsarbeidet framover. Føremålet med strategien er å auke deltakinga for innvandrarar i arbeids- og samfunnsliv gjennom ein samordna innsats. Innvandrarar skal i større grad bli ein del av store og små fellesskap i det norske samfunnet. Lov om integrering gjennom opplæring, utdanning og arbeid (integreringsloven) trådte i kraft 1. januar 2021. Integreringsloven erstattar introduksjonsloven. Gjennom integreringsloven er det gjort endringar som skal bidra til at introduksjonsprogrammet og opplæringa i norsk og samfunnskunnskap blir meir målretta og at fleire skal få formell opplæring innanfor rammene av introduksjonsprogrammet.

I juni 2021 la også regjeringa fram handlingsplanen Frihet frå negativ sosial kontroll og æresrelatert vold, og strategien Hverdagsintegrering – strategi for å styrke sivilsamfunnets rolle på integreringsfeltet. Begge gjeld fram til 2024.

Regjeringa foreslår ei rekke målretta tiltak i 2022 i samband med regjeringa sitt integreringsløft, sjå omtale i Prop. 1 S (2021–2022) for Kunnskapsdepartementet.

Rettshjelp

Rettshjelpslova med forskrifter gir reglar om offentleg stønad til rettshjelp for dei som har behov for rettshjelp. I nokre sakstypar har søkaren krav på rettshjelp utan omsyn til inntekt og formue. I andre sakstypar er det berre søkarar med inntekt og formue opp til eit visst nivå som kan få stønad til rettshjelp. I tillegg er tilskotsordninga for frivillige rettshjelptiltak ei ordning som er retta mot utsette grupper og menneske som er i ein spesielt vanskeleg situasjon, og som kan oppfatte det som at terskelen for å oppsøke ordinær juridisk hjelp er høg.

Granavolden-plattforma inneheld fleire punkt om å styrke rettshjelpsordningane. I 2018 blei det satt ned eit utval, Rettshjelputvalet, som har sett på ordningane og forholdet mellom rettshjelplova og dei frivillige rettshjelptiltaka. Utgreiinga blei levert 30. april 2020. Ho har vore på høyring, og departementet arbeider vidare med oppfølginga.

Gjeldande inntektsgrenser for behovsprøvd rettshjelp er ikkje justert sidan 2009. I statsbudsjettet for 2022 foreslår regjeringa å heve inntektsgrensene for behovsprøvd rettshjelp med 10 pst. Dette gjer at delen personar som har rett til fri rettshjelp aukar. Forslaget vil særleg kome familiar med låg inntekt og barn til gode. Fire av fem saker der det innvilgast behovsprøvd rettshjelp er foreldretvistar. Forslaget har ei kostnadsramme på 23,5 mill. kroner i 2022.

Sjå óg omtale i Prop. 1 S (2021–2022) for Justis- og beredskapsdepartementet.

Berekraftsmål 8.6

Arbeids- og sosialdepartementet har eit delansvar for delmål 8.6 om innan 2020 å redusere prosentdelen unge som verken er i arbeid, under utdanning eller opplæring vesentleg. Innsatsen for eit omstillingsdyktig arbeidsliv med høg sysselsetjing og inkludering av utsette grupper på arbeidsmarknaden, jf. omtale under punkt 6.1 i denne proposisjonen, står sentralt i arbeidet med å nå dette målet. Situasjonen på arbeidsmarknaden for unge er beskrive i del I, punkt 3.2 Situasjonen i arbeidsmarkedet.

Dei fleste unge i Noreg fullfører utdanning og kjem i arbeid. Sjølv om sysselsetjingsdelen blant unge har vist ein langvarig sigande trend, er sysselsetjinga høg og ledigheita blant unge låg i Noreg samanlikna med mange andre land. Nedgangen i sysselsetjinga blant unge må mellom anna sjåast i samanheng med at det har vore ei auke i delen unge som er under utdanning.

Koronapandemien har ført til eit markert fall i sysselsetjinga i befolkninga totalt. Som i tidlegare nedgangskonjunkturar har utslaga vore størst blant dei yngste, særleg i starten av krisa.

Prosentdelen unge i aldersgruppa 15–29 år som verken er i utdanning, opplæring eller arbeid (NEET) var 6 pst. i 2019, ifølge Arbeidskraftundersøkinga (AKU). Hovudbiletet er at det har vore små rørsler i NEET-raten det siste tiåret. NEET-raten er høgast for dei eldste i aldersgruppa, og låg blant dei under 20 år. Utviklinga så langt i 2020 tyder på at delen unge utanfor arbeidsmarknaden har økt betrakteleg i år.

NEET-gruppa er samansett. Den består mellom anna av ledige, unge med alvorlege helseproblem, personar som er heime med barn, og personar som tek ei pause frå arbeid og skule. Sjølv om delar av NEET-gruppa berre er midlertidig utanfor utdanning eller arbeid, er det òg godt dokumentert at det er mange i gruppa som har problem med å få fotfeste i arbeidslivet. Innvandrarar, personar med låg utdanning og personar som mottek helserelaterte stønader er overrepresenterte i NEET-gruppa.

Ungdom er ei prioritert målgruppe, både ved tildeling av arbeidsmarknadstiltak og gjennom oppfølging frå Arbeids- og velferdsetaten. Den forsterka ungdomsinnsatsen som regjeringa sette i verk i regi av Arbeids- og velferdsetaten frå 2017, har vore eit sentralt verkemiddel for å få fleire unge i utdanning og arbeid. Både ordinære arbeidsmarknadstiltak og lokalt initierte ungdomstiltak og aktivitetar spesielt tilpassa unge sine behov, er tatt i bruk.

Ei evaluering Fafo har gjennomført frå implementeringa av den forsterka ungdomsinnsatsen i Arbeids- og velferdsetaten viser at unge blir prioritert og får rask oppfølging frå NAV-kontora. Nesten alle (93 pst.) får eit tilbod innan åtte veker. I følge rapporten har ungdomsinnsatsen hatt positiv verknad på sannsyna for at unge ledige går over i utdanningssystemet til formell utdanning. Vidare har auka søkelys på unge og spesialisering av oppfølgingsarbeidet ført til kvalitative forbetringar for dei unge som møter Arbeids- og velferdsetaten.

I lys av situasjonen på arbeidsmarknaden foreslår regjeringa ein styrka innsats retta mot unge som står utanfor arbeid og utdanning. Det er særleg behov for å styrke tilbodet til unge som manglar formell kompetanse, og unge som treng arbeidserfaring.

På Arbeids- og sosialdepartementet sitt område foreslår regjeringa at ungdomsinnsatsen i Arbeids- og velferdsetaten vidareførast og styrkast i 2021. Forslag om å auke løyvinga til arbeidsmarknadstiltak og forslag om vidareføring av midlertidig oppbemanning ved NAV-kontora vil gi rom for å intensivere innsatsen for unge og auke bruken av opplæringstiltak og tiltak som kan gi arbeidserfaring.

Regjeringa har òg foreslått innsats på Kunnskapsdepartementet og Barne- og familiedepartementet sine områder.

Berekraftsmål 8.8

Arbeids- og sosialdepartementet har del i ansvar for delmål 8.8 om å beskytte arbeidar-rett og fremme eit trygt og sikkert arbeidsmiljø for alle arbeidstakarar, under dette òg arbeidsinnvandrarar og særleg kvinnelege innvandrarar, og arbeidstakarar i vanskelege arbeidsforhold.

Dei fleste i Noreg arbeider under gode og forsvarlege arbeidsforhold. Arbeidsforholda er jamt over betre enn i andre land, likevel er det framleis utfordringar i enkelte yrke, bransjar og næringar.

Regjeringa vil følgje opp strategien mot arbeidslivskriminalitet og styrke det breie samarbeidet mellom myndigheitene og partane i arbeidslivet for å sikre seriøse og trygge arbeidsforhold.

Regjeringa legg til rette for eit arbeidsliv med tryggleik og fleksibilitet for arbeidstakarar, seriøse arbeidsgjevarar og eit velfungerande og effektivt trepartssamarbeid. Regjeringa legg og til rette for at flest mogleg skal kunne delta i arbeidslivet, og vil halde fram med arbeidet for å modernisere og tilpasse regelverket til eit omstillingsdyktig og velfungerande arbeidsliv.

Utanlandske arbeidstakarar som har lite kjennskap til rettar og plikter i det norske arbeidslivet er særleg utsette for dårlege arbeidsvilkår. På fleire område er det innført allmenngjering av tariffavtalar for å sikre utanlandske arbeidstakarar lønns- og arbeidsvilkår som er likeverdige med dei vilkåra norske arbeidstakarar har, og hindre konkurransevriding til ulempe for den norske arbeidsmarknaden. Informasjonstilbodet til utanlandske arbeidstakarar er styrka, mellom anna gjennom eigne servicesenter for utanlandske arbeidstakarar.

Gjennom innsatsen i Treparts bransjeprogram vert det lagt vekt på å følgje opp bransjar med særlege utfordringar. Det er oppretta bransjeprogram innan reinhald, uteliv, delar av transportnæringa og bilbransjen.

I ein del tilfelle går det føre seg systematiske lovbrot som mellom anna inneber utnytting av arbeidstakarar. For å styrke innsatsen mot useriøse og kriminelle forhold i arbeidslivet, la regjeringa i 2015 mellom anna fram ein eigen strategi mot arbeidslivskriminalitet. Strategien blei utarbeidd etter dialog med hovudorganisasjonane i arbeidslivet, og er revidert i 2017, 2019 og 2021.

Det er gjennomført ei rekkje tiltak mot arbeidslivskriminalitet. Arbeidstilsynet, Arbeids- og velferdsetaten, Skatteetaten og politiet samarbeider om førebygging og kontrollinnsats. I sin felles årsrapport for 2020 viser etatane til at basert på deira datagrunnlag vurderer dei det som sannsynleg at den felles innsatsen har redusert utvalde sentrale trusselaktørar sin kapasitet.

Regjeringa vil fortsette å styrke innsatsen mot arbeidslivskriminalitet med målretta tiltak, auka kontroll og samarbeidstiltak. Det er i 2021 vedtatt fleire regelverksendringar som bidreg til dette. Mellom anna er det innført straff for lønnstjuveri retta mot arbeidsgjevarar som medvitne og for eigen vinning misligheld plikta til å yte lønn og anna godtgjering som arbeidstakarar har rett på etter avtale, lov eller forskrift. Vidare er det innført krav om at lønn som klar hovudregel skal utbetalast over bank, at arbeidsgjevarar som ikkje overheld plikta til å opprette eller betale innskot til tenestepensjonsordning kan verte straffa og det er gjort klart at Arbeidstilsynet kan gje pålegg om at arbeidsgjevar faktisk utbetaler forskriftsfesta minstelønn på områder som er omfatta av ein allmenngjort tariffavtale. Strafferamma for alvorlege brot på arbeidsmiljølova er i tillegg auka frå 3 til 5 års fengselsstraff. Regjeringa tilrår frå 2022 å styrke innsatsen ytterlegare, med tilråding om ei auka løyving til oppretting av eit nytt a-krimsenter i Finnmark.

Noreg har gjennom sin modell for arbeidslivet, med samarbeid mellom partane i arbeidslivet og myndigheitene, ei heilskapleg tilnærming der arbeidstakarvern og like konkurransevilkår for bedrifter er viktige omsyn. Dei lover, føresegner, strategiar og handlingsplanar som er utarbeidd og implementert, sikrar den store majoriteten av arbeidstakarar i Noreg eit trygt og sikkert arbeidsmiljø i samsvar med delmål 8.8. For enkelte delar av norsk arbeidsliv er det likevel utfordringar med useriøsitet og arbeidslivskriminalitet, og dette kan gjere det vanskelegare å oppnå målsettinga. Innsatsen knytt til utfordringar med useriøsitet og arbeidslivskriminalitet i norsk arbeidsliv vil motverke dette.

For nærare omtale av regjeringa sin innsats knytt til arbeidstakar sin rett og omtale av eit trygt og sikkert arbeidsmiljø, sjå del II under hovudmål om eit sikkert og seriøst arbeidsliv.

9 Likestilling og mangfald

Oversiktstabellar over tilsette og gjennomsnittleg lønn etter kjønn

Nedanfor blir det gitt ei oversikt over status for arbeidet med likestilling og mangfald for Arbeids- og sosialdepartementet og for departementet sine underliggande verksemder. Likestillings- og diskrimineringslova § 26 gir pålegg til alle arbeidsgivarar om å arbeide aktivt, målretta og planmessig for å fremme likestilling og hindre diskriminering innanfor si verksemd.

I alle offentlege verksemder skal arbeidsgivarar undersøke om det finst risikoar for diskrimering eller andre hinder for likestilling i verksemda, og anna kvart år kartlegge lønn fordelt etter kjønn og bruken av ufrivillig mellombels arbeid.

I tillegg til aktivitetsplikta, følger det av likestillings- og diskrimineringslova § 26 a at arbeidsgivarar i offentlege verksemder skal greie ut om den faktiske tilstanden når det gjeld likestilling mellom kjønna. Lova gir òg pålegg til arbeidsgivarar i offentlege verksemder om å gjere greie for tiltak som er sette i verk eller planlagde for å fremme lova sitt føremål om likestilling uavhengig av etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetting, seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsutrykk.

Statlege verksemder som ikkje er pålagde å utarbeide årsmelding, skal gi utgreiinga i årsbudsjettet.

Tabellen under gir ei oversikt over prosentdelen kvinner i Arbeids- og sosialdepartementet og i underliggande verksemder, totalt for verksemdene og i ulike stillingskategoriar.

Tilsette etter kjønn i Arbeids- og sosialdepartementet og underliggande verksemder1

ASD

AV-etaten

TR

PTS

SPK

Atil

Ptil

Totalt i verksemda2

2020

191

14 852

69

23

412

661

184

2019

192

14 561

69

24

407

600

173

Kvinnedel i pst:

I verksemdene

2020

66,5

71

59

61

54,8

60

47

2019

65,1

70

59

58

54,3

59

46

Toppleiarar

2020

50

59

100

75

50

56

43

2019

50

61

100

60

50

47

43

Mellomleiarar

2020

63

65

40

-

61,4

51

29

2019

58

65

25

-

64,4

58

27

Alternativ karriereveg

2020

53

-

48

-

44,4

-

-

2019

55

-

50

-

-

-

-

Saksbehandlarar

2020

68,3

68

71

56

60,4

59

43

2019

67,2

67

57

56

53,4

58

43

Konsulentar/kontorstillingar

2020

100

76

82

100

-

80

89

2019

100

76

85

100

-

80

94

Slutta

2020

60

69

57

0

56

63

29

2019

52

66

50

0

57

58

25

Nytilsette

2020

65

66

62

0

53

64

31

2019

83

67

70

0

57

56

20

Deltidstilsette

2020

100

84

100

50

76

77

33

2019

100

80

83

50

77

69

33

Mellombels tilsette

2020

77,8

74

64

0

80

90

100

2019

66,7

71

63

0

67

56

100

Foreldrepermisjon

2020

100

88

67

100

53,6

64

100

2019

80

89

67

100

70

69

0

1 Tabellen er utarbeidd av Arbeids- og sosialdepartementet på bakgrunn av tal frå eige lønns- og personalsystem og tal frå dei underliggande verksemdene. Forkortingar: Arbeids- og sosialdepartementet (ASD), Arbeids- og velferdsetaten (AV-etaten), Trygderetten (TR), Pensjonstrygda for sjømenn (PTS), Statens pensjonskasse (SPK), Arbeidstilsynet (Atil), Petroleumstilsynet (Ptil). I kategorien alternativ karriereveg ligg fagdirektørar, spesialrådgivarar, faste dommarar, overlegar og overingeniørar, sjefsingeniørar og senioringeniørar. I kategorien saksbehandlarar ligg rådgivarar og seniorrådgivarar. I kategorien konsulentar ligg førstekonsulentar og seniorkonsulentar. I ASD består toppleiinga av departementsråd, ekspedisjonssjefane, stabsdirektør og kommunikasjonssjef. I Trygderetten er det berre éin toppleiar, og denne er ei kvinne. I PTS er det berre eitt leiarnivå, og alle leiarane er plassert i kategorien toppleiarar.

2 Talgrunnlaget for «totalt i verksemda» er tilsette i aktiv teneste og i lønna permisjon.

Gjennomsnittleg antal veker foreldrepermisjon for kvinner og menn

ASD

AV-etaten

TR

PTS

SPK

Atil

Ptil

M

K

M

K

M

K

M

K

M

K

M

K

M

K

2020

0

18

10

90

0

100

0

22

-

-

15

29

-

-

2019

13

24

9

91

18

82

-

-

-

-

8

33

-

-

Tala i tabellen under viser at kvinner i gjennomsnitt jamt over har lågare lønn enn sine mannlege kollegaer. Biletet er meir nyansert når ein ser på dei enkelte stillingskategoriane i verksemdene.

Kvinner sin del av lønna til menn etter stillingskategori per 1. oktober 20201

ASD

AV-etaten

TR

PTS

SPK

Atil

Ptil

I pst.

Gjennomsnitt for heile verksemda

2020

92,0

93

87

91,8

92,6

95

82

2019

90,4

93

85

91,7

93,6

96

82

Toppleiarar

2020

101,9

96

100

96,4

89,1

101

105

2019

101,5

97

100

103

82,8

106

104

Mellomleiarar

2020

99,0

94

107

-

97,4

96

89

2019

98

95

83

-

100

99

91

Alternativ karriereveg

2020

98,2

-

100

-

94,6

-

-

2019

95,7

-

100

-

-

-

-

Saksbehandlarar

2020

99,6

92

94

105,5

97,6

98

87

2019

100,4

92

86

105,5

91,1

99

88

Konsulentar/kontorstillingar

2020

100

101

100

-

-

87

123

2019

100

101

100

-

-

93

104

1 Tabellen er utarbeidd av Arbeids- og sosialdepartementet på bakgrunn av tal frå eige lønns- og personalsystem og tal frå dei underliggande verksemdene.

Legemeldt sjukefråvær i Arbeids- og sosialdepartementet og underliggande verksemder

Tabellane under viser tal for legemeldt sjukefråvær for departementet og underliggande verksemder, totalt og fordelt på kjønn.

Legemeldt sjukefråvær i pst. per 31. desember 20201

ASD

AV-etaten

TR

PTS

SPK

Atil

Ptil

2020

3,7

5,3

2,9

5,7

2,3

3,1

2,9

2019

2,8

5,8

7,1

1,6

3,7

4,6

2,4

1 Tala er henta frå eige lønns- og personalsystem og tal frå dei underliggande verksemdene.

Det har vore ein auke i sjukefråværet i Arbeids- og sosialdepartementent, Pensjonstrygda for sjømenn og Petroleumstilsynet frå 2019 til 2020. I dei andre verksemdene har det vore ein nedgang i sjukefråværet.

Det legemelde sjukefråværet i Arbeids- og sosialdepartementet var 3,7 i pst i 2020 mot 2,8 pst. i 2019. Det har vore ein auke i det legemelde sjukefråværet for både kvinner og menn. Til samanlikning var det gjennomsnittlege legemelde sjukefråværet i departementa 2,7 pst. i 2020 mot 3,0 pst. 2019. Samstundes er egenmeldt og legemeldt sjukefråvær kortare enn 16 dagar lågt i 2020, samanlikna med tidlegare år.

I det statlege tariffområdet var det gjennomsnittlege legemelde sjukefråværet 3,8 pst. i 2020. I Arbeids- og sosialdepartementet sin sektor var det gjennomsnittlege legemelde sjukefråværet 5,3 pst. Tala i tabellen over viser at det legemelde sjukefråværet i 2020 ligg under nivået for det statlege tariffområdet i Arbeids- og sosialdepartementet, Trygderetten, Statens pensjonskasse, Arbeidstilsynet og Petroleumstilsynet.

Legemeldt sjukefråvær menn og kvinner per 31. desember 20201

ASD

AV-etaten

TR

PTS

SPK

Atil

Ptil

M

K

M

K

M

K

M

K

M

K

M

K

M

K

2020

3,0

4,1

3,5

6,1

2,8

2,9

3,6

7,2

2,0

2,5

2,2

4,3

0,8

2,1

2019

0,7

4,0

3,9

6,6

4,0

7,6

0,6

2,3

3,4

4,0

2,9

5,7

0,7

1,6

1 Tala er henta frå eige lønns- og personalsystem og tal frå dei underliggande verksemdene.

Tala viser at det framleis er stor skilnad mellom menn og kvinner i det legemelde sjukefråværet i heile sektoren. Trygderetten, Statens pensjonskasse og Petroleumstilsynet skil seg likevel ut med et langt lågare sjukefråvær blant kvinner enn i dei andre verksemdene.

I det statlege tariffområdet var det gjennomsnittlege legemelde sjukefråværet blant menn 2,5 pst. I Arbeids- og sosialdepartementet sin sektor var det legemelde sjukefråværet blant menn lågare enn 2,5 pst. i Statens pensjonskasse, Arbeidstilsynet og Petroleumstilsynet.

I det statlege tariffområdet var det gjennomsnittlege sjukefråværet blant kvinner 5,2 pst., medan det var 6,2 pst. i Arbeids- og sosialdepartementet sin sektor i 2020. Gjennomsnittleg sjukefråvær blant kvinner var høgare enn 5,2 pst. i Arbeids- og velferdsetaten og Pensjonstrygda for sjørmenn.

Frå 2019 til 2020 har det vore ein nedgang i sjukefråværet blant både menn og kvinner i Arbeids- og velferdsetaten, Trygderetten, Statens pensjonskasse og Arbeidstilsynet. Samtidig har det vore ein auke i sjukefråværet blant både kvinner og menn i dei andre verksemdene.

Nærmare om arbeidet med likestilling i verksemdene

Arbeids- og sosialdepartementet

Kvinnedelen i departementet har auka det siste året, og 66,5 pst. av dei 191 tilsette er kvinner. Kvinnedelen var 62,4 pst. i 2018. Av dei nyrekrutterte i 2020 var delen kvinner 65 pst, medan delen kvinner som slutta var 60 pst. I 2019 var 83 pst. av dei nyrekrutterte kvinner, medan delen kvinner som slutta var 52 pst.

Kjønnsperspektivet er ein del av departementet sin lokale personalpolitikk. Departementet har særleg fokus på at kvinner og menn får like moglegheiter for fagleg utvikling, forfremming, alternative karrierevegar og karriereutvikling til høgare stillingar. Det er framleis slik at balansen mellom kjønna i dei ulike stillingskategoriane varierer, men det er no fleire kvinner enn menn i alle stillingskategoriane i departementet, bortsett frå blant toppleiarane der delen kvinner er 50 pst. Blant mellomleiarane er delen kvinner 63 pst. mot 58 pst. i 2019. I stillingskategorien alternativ karriereveg er 53 pst. kvinner. I denne stillingskategorien har delen kvinner auka jamt dei siste åra. Departementet vil halde fram med å vere merksam på utviklinga her. Det er ei overvekt av kvinner i dei lågare stillingskategoriane. Blant saksbehandlarar er kvinnedelen 68,3 pst. og i stillingsgruppa konsulentar er det berre kvinner. Kvinnedelen i dei ulike stillingskategoriane speglar i større grad enn tidlegare delen kvinner i departementet.

Prinsippet om likelønn skal takast vare på gjennom den lokale lønnspolitikken. Lønnsutviklinga i samanliknbare grupper skal vere uavhengig av etnisk bakgrunn, funksjonsevne, kjønn og alder. Sett under eitt er gjennomsnittleg lønn for kvinner i departementet lågare enn for menn, og utgjer 92 pst. av menn si lønn, mot 90,4 pst. i 2019. Som tala i tabellen over syner, er biletet meir nyansert når lønna til kvinner og menn blir samanlikna innanfor kvar stillingskategori. Kvinner tener i snitt meir enn menn i stillingskategorien toppleiarar. Blant mellomleiarane tener kvinner i snitt 99 pst. av menn si lønn, i stillingskategorien alternativ karriereveg tener kvinner i snitt 98,2 pst. av menn si lønn og blant saksbehandlarane tener kvinner i snitt 99,6 pst. av menn si lønn. Det er fleire kvinner enn menn i dei lågare stillingskategoriane, og det kan forklare noko av årsaka til skilnaden i gjennomsnittleg lønn mellom kjønna.

Utvida lønnskartlegging

Med den forsterka aktivitets- og utgreiingsplikta er det no krav om å undersøke om det finst diskriminering på grunnlag av kjønn etter stillingar som gjer «likt arbeid» eller «arbeid av lik verdi». I lønnskartlegginga i 2021 er undersøkinga avgrensa til lønnsutvikling for saksbehandlarar dei fem siste åra. Leiarstillingar og merkantile stillingar er heldt utanfor. I lønnskartlegginga er det ikkje avdekt systematiske forskjellar i lønnsutviklinga mellom kvinner og menn.

Ufrivillig deltid handlar om medarbeidarar som er tilsett i ei deltidsstilling sjølv om dei ønsker å jobbe heiltid. Departementet kunngjer med eitt unntak berre stillingar på heiltid. Ufrivillig deltid er difor ikkje ei ufordring i departementet.

Inkludering og mangfald

Departementet deltek i staten sitt traineeprogram for personar med høgare utdanning og nedsett funksjonsevne, og har til kvar tid ein trainee tilsett. Departementet rekrutterte to traineear med høgare utdanning og nedsett funksjonsevne hausten 2019. Forutan søkarar til traineestillinga var delen søkarar som oppga å ha nedsett funksjonsevne 1,9 pst. i 2020 mot 4,7 pst. i 2019.

Med bakgrunn i regjeringa sin inkluderingsdugnad har departementet retta større merksemd mot å tilsette fleire personar med nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en. Av dei nytilsette i i 2020 var 8,7 pst. i målgruppa for inkluderingsdugnaden, mot 13 pst. i 2019.

Tilsette med innvandrarbakgrunn utgjorde 6,3 pst. av dei tilsette i departementet ved utgangen av 2020. Andelen gjeld både for landgruppe 1 og 2. Av totalt 1 533 søkarar til ordinære stillingar i 2020, opplyste 12,7 pst. av søkarane at dei har innvandrarbakgrunn frå landgruppe 2. Det blir jobba med å auke kompetansen på rekruttering i departementet gjennom ulike interne tiltak.

Gjennom arbeidet med aktivitetsplikta har ikkje departementet avdekt risikoar for diskriminering på nokre av personalområda. Samstundes er departementet saman med dei tillitsvalde samde om at departementet framleis bør ha særleg merksemd på området rekruttering – vegen inn i departementet.

Effekt av koronatiltaka

Arbeids- og sosialdepartementet har ikkje identifisert utfordringar i verksemda knytt til likestilling som følgje av tiltaka under koronapandemien.

Arbeids- og velferdsetaten

Arbeids- og velferdsetaten er ein kvinnedominert arbeidsplass, og kvinnedelen har vore stabil på om lag 70 pst. dei siste åra. Det var 14 852 tilsette i etaten i 2020. Fordelinga mellom kjønna er den same for dei nyrekrutterte og for dei som sluttar i etaten.

Delen kvinner er noko ulik mellom einingane, og er høgast i Arbeids- og tenestelinja med over 75 pst. kvinner i nokre fylke og lågast i Arbeids- og velferdsdirektoratet, der kvinnedelen er under 45 pst. For direktoratet er IT eit stort område som trekker til seg fleire menn enn kvinner. Dette speglar arbeidsmarknaden på området. Kvinnedelen er høgast i dei lågaste stillingskategoriane. Kvinnedelen blant toppleiarane var 59 pst. i 2020. I stillingskategorien mellomleiarar har kvinnedelen vore aukande dei siste åra, og det har vore ein svak auke frå 61 pst. i 2016 til 65. pst i 2020. Arbeids- og velferdsdirektoratet kartlegg årleg kjønnsbalansen innanfor stillingsgruppene og følger opp dette med driftseiningane gjennom krav til tiltak og rapportering.

I personal- og lønnspolitikken for etaten er det slått fast at det ikkje skal vere lønnsforskjell mellom kjønna. Partane i etaten er samde om dette prinisppet, og følger med på at det blir handheva. Dette gjeld særleg for rådgivar-kodane i etaten.

I dei ulike einingane tener menn gjennomgåande noko meir enn kvinner. Det er variasjon i kor stor forskjellen er i dei ulike driftseiningane i Arbeids- og tenestelinja, fylka imellom. Sett under eitt er gjennomsnittleg lønn for kvinner i Arbeids- og velferdsetaten noko lågare enn for menn, og utgjer 93 pst. av menn si lønn. Kvinnelege toppleiarar tener i snitt 96 pst. av menn si lønn, kvinnelege mellomleiarar tener i snitt 94 pst. av menn si lønn og kvinnelege saksbehandlarar tener i snitt 92 pst. av menn si lønn. Det er berre i stillingskategorien konsulentar og kontorstillingar kvinner i snitt tener noko meir enn menn.

Gjennomgangen av lønnsstatistikken avdekte ingen diskriminerande forhold.

Personalpolitikken til etaten slår fast at administrative og faglege karrierevegar er likeverdige, og at medarbeidarar kan vere høgare lønte enn leiarar. Ved rekruttering av nye tilsette skal kompetansebehovet til etaten supplerast, og etaten si målsetting om inkludering og mangfald skal følgast.

Det legemelde sjukefråværet var 5,3 pst. i 2020, ein nedgang på 0,4 pst. frå 2019. Det har vore ein nedgang i det legemelde sjukefråværet for både kvinner og menn.

Inkludering og mangfald

I tilpassingsavtalen for Arbeids- og velferdsetaten er partane einige om at etaten skal ha ein personalpolitikk som legg til rette for likestilling og mangfald knytt til etnisk bakgrunn, funksjonsevne, kjønn og alder. I 2018 drøfta og forhandla etaten seg fram til ein felles personal- og lønnspolitikk for heile etaten, på tvers av tariffområda. Tidlegare hadde kvar driftseining sin eigen lokale politikk som la nokre sentrale personal- og lønnspolitiske føringar til grunn. Mangfald og inkludering er ein av kjerneoppgåvene i Arbeids- og velferdsetaten, og etaten er opptatt av å ta i bruk kunnskapen dei har på området i eige rekutteringsarbeid.

I 2020 blei det lyst ut 2 207 stillingar i etaten. Av 77 453 søkarar til desse stillingane opplyste 19,1 pst. at dei hadde innvandrarbakgrunn, 1,8 pst. opplyste om at dei hadde nedsett funksjonsevne og 4,6 pst. opplyste at dei hadde hol i CV-en.

Med bakgrunn i regjeringa sin inkluderingsdugnad har etaten retta større merksemd mot å tilsette fleire personar med nedsett funksjonsevne og med hol i CV-en. Alle driftseiningane la inkluderingsdugnaden sine krav til grunn da dei rekrutterte i 2020, men einingane har ulik praksis. Alle gjorde det dei måtte, og nokon gjorde meir. Fleire einingar rapporterar om god dialog og samarbeid med sine lokale NAV-kontor. Det er ikkje sett i verk sentralt initierte tiltak i 2020, utover å tydeleggjere forventningane i mål- og disponeringsbreva og vidareføre rapporteringskrava. Direktoratet ser ein samanheng mellom gode og inkluderande rekrutteringsprosessar og kor mange personar som er rekruttert i målgruppa, og vil etterspørje kva driftseiningane har gjort på dette området.

Av dei nytilsette i Arbeids- og velferdsetaten i 2020 var 5,3 pst. i målgruppa for inkluderingsdugnaden.

Arbeids- og velferdsetaten er fast medlem i det statlege mangfaldsnettverket. Nettverket har hatt inkluderingsdugnaden som tema i 2020, og alle dei statlege etatane i nettverket er kvar sin gang vertskap for nettverket.

Arbeids- og velferdsetaten deltek i statens traineeprogram for personar med nedsett funksjonsevne og/eller hol i CV-en og høgare utdanning. I 2019 hadde direktoratet tre traineear. I 2020 blei ingen traineestillingar lyst ut.

Arbeids- og velferdsetaten har hatt ein jamn auke i talet på tilsette med innvandrarbakgrunn dei siste åra, både frå landgruppe 1 og 2. Auken har vore størst når det gjeld delen tilsette frå landgruppe 2. I Arbeids- og velferdsetaten hadde 12 pst. av dei tilsette innvandrarbakgrunn i 2020, og av desse var 8 pst. frå landgruppe 2. NAV-einingane i Oslo og Arbeids- og velferdsdirektoratet skil seg ut med ein høgare del tilsette med innvandrarbakgrunn samanlikna med dei andre einingane. Dette speglar folkemengda i området. Statistisk sentralbyrå har avslutta statistikken som viser kor stor del av dei tilsette som har innvandrarbakgrunn i dei ulike einingane. Tala frå Statistisk sentralbyrå gir no berre informasjon for heile etaten.

Effekt av koronatiltaka

I den rapporterte perioden har Arbeids- og velferdsetaten saman med resten av samfunnet måtte prioritere ressursbruk og iversetting av ekstraordnære tiltak for å møte utfordringane ved pandemien. Dette har ført til at det ikkje er sett i verk nye tiltak på likestillings- og mangfaldsområdet, men etaten har opprettheldt og teke vare på policy og tiltak som allereie er vedtatt og iverksett i etaten.

Verksemda har ikkje identifisert utfordringar knytt til likestilling som følgje av tiltaka under koronapandemien.

Trygderetten

Trygderetten er ei forholdsvis lita verksemd med 69 tilsette i 2020, og av desse er 59 pst. kvinner. Toppleiar er ei kvinne, medan kvinnedelen blant mellomleiarane er 40 pst.

Innan dei ulike stillingskategoriane har samansetninga vore meir eller mindre lik dei seinare åra. I stillingskategorien alternativ karriereveg er 48 pst. kvinner, og blant rettsfullmektigane er delen kvinner 64 pst. Blant saksbehandlarane er delen kvinner 71 pst. I lågare stillingskategoriar innan økonomi, personal, arkiv, IT, kontortenester med vidare, er kvinnedelen 82 pst. Delen tilsette på deltid er i hovudsak kvinner.

Sett under eitt er gjennomsnittleg lønn for kvinner i Trygderetten lågare enn for menn, og utgjer 87 pst. av den gjennomsnittlege lønna til menn. Trygderetten skil seg frå dei fleste statlege verksemdene ved at dei to største stillingsgruppene, dommarane og rettsfullmektigane, har lik lønn. Rettsfullmektigane har ein lønnsstige med ansiennitet som kriterium for plassering av lønn.

Blant mellomleiarane tener kvinner i snitt 107 pst. av den gjennomsnittlege lønna til menn. Blant Trygderetten sine saksbehandlarar utgjer den gjennomsnittlege lønna til kvinner 94 pst. av den gjennomsnittlege lønna til menn. Blant kontortilsette er det ein stor kvinnedel, og denne stillingsgruppa har hatt ei jamn lønnsutvikling dei seinare åra. Det er ingen forskjell i den gjennomsnittlege lønna til menn og kvinner i denne gruppa.

Trygderetten har ikkje identifisert utfordringar knytt til likestilling. Trygderetten arbeider aktivt for at kvinner og menn i organisasjonen skal bli behandla likt, uavhengig av kjønn. Det er eit personalpolitisk mål at arbeidsstaben skal spegle mangfaldet i befolkninga både når det gjeld kjønn, alder, kulturell bakgrunn og erfaring. I alle stillingsutlysingane blir dette understreka.

Trygderetten tilsette ingen i målgruppa for inkluderingsdugnaden i 2020.

Trygderetten har som mål å ha ein høg gjennomsnittleg pensjonsalder. Trygderetten har sett som delmål å behalde medarbeidarar med nedsett funksjonsevne, heilt eller delvis fram til pensjonsalder. Verkemiddel som er aktuelle er mellom anna å bruke eldre, erfarne rettsmedlemmar til «fadderverksemd» for nytilsette og til å arbeide med praksisundersøkingar og anna utredningsarbeid, i tillegg til ordinær saksbehandling. Andre tiltak er å tilby heimekontor, ha ei positiv haldning til graderte stillingar og ei positiv haldning til å tilby praksisplass til personar som NAV har avklart.

Trygderetten har ikkje sett konkrete mål for rekruttering av personar med innvandrarbakgrunn. Dersom det er kvalifiserte søkarar med innvandrarbakgrunn på ledige stillingar, blir alltid minst éin kalla inn til intervju. Embetet som rettsmedlem (dommarar) og stillinga som rettsfullmektig må vere besett av personar med norsk statsborgarskap.

Trygderetten har som mål at sjukefråværet ikkje skal vere høgare enn 5 pst. i perioden. Det legemelde sjukefråværet var 2,9 pst. i 2020 mot 7,1 pst. i 2019. Det har vore ein nedgang i det legemelde sjukefråværet både blant menn og kvinner.

Effekt av koronatiltaka

Trygderetten har ikkje identifisert utfordringar knytt til likestilling som følgje av tiltaka under koronapandemien.

Pensjonstrygda for sjømenn

Pensjonstrygda for sjømenn er ei lita verksemd med 23 tilsette. Kvinnedelen har auka noko og er no 61 pst. Etter endring i leiinga er kvinnedelen auka til 60 pst. Dei fleste tilsette er i gruppa saksbehandlarar, og i denne gruppa er kvinnedelen 56 pst.

Pensjonstrygda for sjømenn legg til rette for at alle tilsette skal ha same høve til utvikling av kompetanse, karriere og lønn.

Kvinner si snittlønn er også i 2020 høgare enn snittlønna til menn når øvste leiar blir halden utanfor. Gjennomsnittleg lønn for kvinner utgjorde 102,1 pst. av menn si lønn når øvste leiar ikkje blir talde med og 91,8 pst når alle i verksemda blir rekna med. Jamlege analysar av forholda i verksemda viser at det er små skilnader mellom kvinner og menn si lønn, både i leiinga og blant saksbehandlarane. Blant mellomleiarane utgjer den gjennomsnittlege lønna for kvinner 99,9 pst. av menn si lønn, og blant saksbehandlarane utgjer gjennomsnittleg lønn for kvinner 105,5 pst. av menn si lønn.

Pensjonstrygda for sjømenn har få tilsette og svært låg grad av utskifting. Pensjonstrygda for sjømenn har difor ikkje sett konkrete mål for rekruttering av personar med nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller personar med innvandrarbakgrunn. Kvalifiserte søkarar med innvandrarbakgrunn, nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en blir innkalla til intervju. Det er eit mål for verksemda å bidra i inkluderingsdugnaden, og verksmeda har inngått avtale med NAV. Verksemda rekrutterte ingen i målgruppa for inkluderinsdugnaden i 2020.

I 2020 var det legemelde sjukefråværet 5,7 pst. mot 1,6 pst i 2019. Frå 2019 til 2020 har det vore ein auke i det legemelde sjukefråværet for både kvinner og menn. Sjukefråværet er ikkje relatert til koronapandemien.

Utvida lønnskartlegging

I den interne kartlegginga og analysen er det ikkje avdekka nokon kjønnsbaserte skilnader når det gjeld lønn eller andre forhold. Det har ikkje kome fram område med utfordringar eller barrierar knytt til kjønn i verken medarbeidarsamtalar, medarbeidarundersøkingar eller på andre måtar.

Effekt av koronatiltaka

Pensjonstrygda for sjømenn har ikkje notert nokon endringar i likestillingsforholda, eller oppdaga nye likestillingsutfordringar som følgje av tiltaka under koronapandemien, og har ikkje grunn til å tru at desse har påverka dei eksisterande likestillingsforholda i verksemda.

Statens pensjonskasse

Statens pensjonskasse har totalt 412 tilsette, og ein kvinnedel på 54,8 pst. I toppleiinga er kvinnedelen 50 pst. Kvinnedelen blant mellomleiarane er 61,4 pst. medan kvinnedelen blant saksbehandlarane er 60,4 pst.

Sett under eitt er gjennomsnittleg lønn for kvinner i Statens pensjonskasse lågare enn for menn, og utgjorde 92,6 pst. av menn si lønn i 2020. Menn tener jamt over noko meir enn kvinner i alle stillingsgruppene.

Verksemda analyserer lønnsforholda regelmessig. Lønnsskilnadene mellom kvinner og menn er relativt små og har halde seg stabilt. Verksemda si vurdering er at utfordringar og barrierar knytt til likestilling er små.

Statens pensjonskasse har liten eller ingen grad av ufrivillig deltid.

I 2020 var det legemelde sjukefråværet 2,3 pst. mot 3,7 pst. i 2019. Frå 2019 til 2020 har det vore ein nedgang i det legemelde sjukefråværet både blant menn og kvinner.

I 2018 utarbeidde verksemda nye retningslinjer for å hindre diskriminering, trakassering, seksuell trakassering og kjønnsbasert vald, med eit tilhøyrande varslingsystem. Omsynet til likestilling og ikkje-diskriminering er elles inkludert i verksemda sin personalpolitikk og iverksette tiltak.

Verksemda opplever at dei får få søkarar i målgruppa for inkluderingsdugnaden. Verksemda har difor endra innhaldet i stillingsannonsane. I tillegg er det gjennomført informasjonstiltak om inkluderingsdugnaden retta mot leiarane, og inkluderingsdugnaden si målsetting er framheva i leierhandboka, som er verktøyet leiarane nyttar når dei skal rekruttere nye medarbeidarar. Utover dette er det ikkje avdekt nokre utfordringar med likestillingsarbeidet.

Av dei nytilsette i verksemda var 2,6 pst. i målgruppa for inkluderingsduganden.

Delen tilsette med innvandrarbakgrunn var 17,2 pst. i 2020.

Verksemda skal halde fram med eksisterande praksis for tilrettelegging av arbeidsplassar og ta imot personar som har behov for utprøving av arbeids- og funksjonsevne i det ordinære arbeidslivet.

Effekt av koronatiltaka

Under pandemien har verksemda særskild jobba med å legge til rette for medarbeidarane, for å gjere det lettare å kombinere arbeid og familieliv då risiko for belasting i familiane auka. Statens pensjonskasse har ikkje notert nokon endringar i likestillingsforholda, eller oppdaga nye likestillingsutfordringar som følgje av tiltaka under koronapandemien, og har ikkje grunn til å tru at desse har påverka likestillingsforholda i verksemda.

Arbeidstilsynet

Arbeidstilsynet har 661 tilsette, og kvinnedelen er 60 pst. Blant toppleiarane er kvinnedelen 56 pst., og blant mellomleiarane er kvinnedelen 51 pst. I stillingsgruppa saksbehandlarar er det overlegar, ingeniørar, seniorrådgivarar og rådgivarar og kvinner utgjer 59 pst. av dei tilsette i denne gruppa.

Arbeidstilsynet har ein god balanse i lønna mellom kvinner og menn i stillingar ein kan samanlikne. Sett under eitt er gjennomsnittleg lønn for kvinner i Arbeidstilsynet noko lågare enn for menn, og utgjer 95 pst. av menn si lønn. Verksemda tar regelmessig ut statistikk for å følge utviklinga i kvar enkelt eining i etaten. Blant toppleiarane er gjennomsnittleg lønn for kvinner 101 pst. av menn si lønn, blant mellomleiarane er gjennomsnittleg lønn for kvinner 96 pst. av menn si lønn og 98 pst. blant saksbehandlarane. Det er berre i stillingskategorien konsulentar at kvinner si lønn har vore markant lågare enn menn si lønn, men ho har auka frå 87 pst. i 2016 til 93 pst. i 2020. Arbeidstilsynet sin lønnspolitikk sikrar kjønnsnøytrale kriterium for å fastsette lønn. Det har vore ei stor lønnsforhandling for å jamne ut ikkje-grunngitte forskjellar i lønn etter kjønn.

Arbeidstilsynet har hatt ei stabil arbeidskraft over mange år og har difor mange tilsette i høg alder. Verksemda har eitt større prosjekt – «Oppdatert, ikkje utdatert» – for å tematisere det å vere senior i arbeidslivet og for å bidra til at tilsette vel å stå i arbeid lengst mogleg. Tilsette mellom 62 og 69 år utgjer 15 pst. av dei tilsette.

Rekrutteringsprosessen er lagd opp med stor vekt på likebehandling og inkludering av grupper som kan ha vanskeleg for å få innpass i arbeidslivet. Likebehandlinga starter allereie i jobbanalysen, i kunngjeringsteksten og ikkje minst gjennom intervjuprosessen.

Arbeidstilsynet har jobba aktivt med tanke på målgruppa for inkluderingsdugnaden, og nyttar departementet sin sektorhandlingplan aktivt, for å supplere tiltaka verksemda allereie har. Arbeidstilsynet nådde målet om at minst 5 pst. av dei nytilsette skal ha nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en i både 2018 og 2019, men nådde ikkje målet i 2020.

Verksemda sitt arbeidsmiljøutval (AMU) har eit særskild fokus på tema som handlar om uheldig belasting, vald og truslar frå eksterne, og på tema som konfliktar, trakassering og utilbørleg åtferd. Tilsynskontora i Arbeidstilsynet går jamleg gjennom HMS-rutinane om vald og truslar og rutinen om konfliktar og trakassering.

I 2020 var det gjennomsnittlege legemelde sjukefråværet 3,1 pst, ein nedgang frå 4,6 pst. i 2019. Det har vore ein nedgang i det legemelde sjukefråværet for både menn og kvinner frå 2019 til 2020.

Effekt av koronatiltaka

Det mest inngripande tiltaket har vore pålegg om heimekontor i tråd med offentlege anbefalingar. I periodar der også skolar og barnehagar har vore stengde, kan tilsette på heimekontor ha hatt fleire omsorgs- og arbeidsoppgåver, men dette har ikkje vore relatert til kjønn. Arbeidstilsynet har ikkje notert nokon endringar i likestillingsforholda, eller oppdaga nye likestillingsutfordringar som følgje av tiltaka under koronapandemien, og har ikkje grunn til å tru at desse har påverka likestillingsforholda i verksemda.

Perioden med heimekontor har gjort det meir krevande å inkludere personar som treng arbeidstrening/praksisplass. Verksemda opplever det som særs viktig å legge spesielt godt til rette for personar som skal ha arbeidstrening/praksisplass, då dette kan vere personar som har manglande eller lite erfaring frå arbeidslivet. Arbeidstilsynet har difor teke inn færre personar på praksisplass i perioden med heimekontor.

Arbeidstilsynet har god erfaring med Statens traineeprogram for personar med høgare utdanning og nedsett funksjonsevne og hol i CV-en, men grunna koronapandemien blei det ikkje tilsett traineear i 2020.

Utvida lønnskartlegging

Plikta til å kartlegge lønnsforhold fordelt etter kjønn og bruken av ufrivillig deltidsarbeid tok til å gjelde 1. januar 2020, jf. § 26 a. Rapportering knytt til den forsterka utgreiingsplikta skjer for Arbeidstilsynet til Prop. 1 S for budsjettåret 2023.

Petroleumstilsynet

Petroleumstilsynet har 184 tilsette, og det er ein god balanse mellom kjønna. I 2020 var 47 pst. av dei tilsette kvinner. Blant toppleiarane er kvinnedelen 43 pst., medan kvinnedelen blant mellomleiarane var 29 pst. Målet er at delen kvinnelege leiarar skal vere 40 pst. Tilstandsrapporteringa viser at delen kvinnelege leiarar no er 35 pst, og moglege tiltak har vore diskutert.

Arbeidet med å fremme likestilling mellom kjønna er forankra i Petroleumstilsynet sin personalpolitikk, og er ein integrert del av verksemda. I den samanheng legg verksemda vekt på tilsetting av leiarar og medarbeidarar, fordeling av utfordrande oppgåver som inneber større ansvar og eksponering internt i Petroleumstilsynet, i næringa og departementa, samansetting av lag, prosjekt og grupperingar, kompetanseutvikling og lønn basert på kjønnsnøytrale kriterium. Ved behov for nye medarbeidarar inngår ei analyse av samansettinga av kjønn og alder.

Sett under eitt er gjennomsnittleg lønn for kvinner i Petroleumstilsynet lågare enn for menn, og utgjorde 82 pst. av menn si lønn i 2020, slik ho og gjorde i 2019 og 2018.

Gjennomsnittleg lønn for kvinner er 105 pst. av menn si lønn blant toppleiarane, 89 pst. blant mellomleiarane og 87 pst. blant sakshandsamarane.

Når det gjeld skilnadene i lønn for kvinner og menn med omsyn til «totalt i verksemda» og «saksbehandlarar» i tabellen, så gjer verksemda merksam på at Petroleumstilsynet er delt inn i ei fagavdeling med fleire fagområde og ei administrativ avdeling, der fleirtalet av dei tilsette er kvinner. Skilnadene i lønn mellom dei to grupperingane kjem av at kompetansekrava og etterspurnaden etter nye medarbeidarar i snitt er vesentleg høgare når det gjeld medarbeidarar i fagavdelinga enn i den administrative avdelinga.

Petroleumstilsynet rekrutterer i stor grad ingeniørar. Det er i stor grad etterspurnaden etter kompetanse og kapasitet som styrer nivået på lønna i petroleumsnæringa. Seinare i lønnsutviklinga medverkar sentrale og lokale føringar for dei lokale forhandlingane til å betre den kvinnelege lønnsprofilen samanlikna med den mannlege. Før dei lokale lønnsforhandlingane ber verksemda leiarar og organisasjonane vurdere om nokon av skilnadene i lønn mellom kvinner og menn kan skuldast kjønn. Verksemda har ikkje identifisert andre særlege utfordringar knytt til kjønn.

Etaten har svært få personar som arbeidar deltid. Tilsette som ønsker å auke stillingsprosenten sin får høve til det.

Etaten arbeider systematisk for å fremme eit godt arbeidsmiljø, mellom anna førebygge trakassering, inkludert seksuell trakassering. Likestillingssaker blir óg fremma i partssamarbeidet. I perioden har det ikkje vert identifisert nye utfordringar når det gjeld likestilling og diskriminering.

I 2020 var det legemelde sjukefråværet 2,9 pst. mot 2,4 pst. i 2019. Frå 2019 til 2020 har det vore ein liten auke i det legemelde sjukefråværet blant både menn og kvinner.

Verksemda si målsetting er å ivareta og legge til rette for medarbeidarar med særlege behov og nedsett funksjonsevne på ein god måte. I administrative stillingar kan verksemda legge til rette for søkarar med nedsett funksjonsevne. For medarbeidarar som skal arbeide på innretningar offshore og på petroleumsanlegg på land, er det krav om helseattest og kurs i tryggleik og det kan vere vanskeleg å tilsette søkarar med nedsett funksjonsevne til desse stillingane. Erfaringa i verksmeda denne perioden er at det er få søkarar med nedsett funksjonsevne, og ingen som møter kvalifikasjonskrava til desse stillingane.

Verksemda nådde ikkje målet i inkluderingsdugnaden om at minst 5 pst. av dei nytilsette skal ha nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en. Petroleumstilsynet har i perioden sett i gang fleire tiltak for å realisere regjeringa sin dugnad for å inkludere personar med redusert funksjonsevne eller hol i CV-en. Verksemda har vore særskild merksam på å gi råd til og lære opp leiarar, i tillegg til å revidere og utvikle retningslinjer, handlingsplanar og rutinar på området. Når det gjeld mangfald og inkludering har verksemda identifisert at betre arbeidsgivarprofilering, kommunikasjon og språkbruk er eit særleg område for forbetring framover.

For å bøte på nokre av utfordringane når det gjeld rekruttering vil verksemda re-etablere kontakt med NAV si arbeidsrådgiving om kva moglegheiter som finst i etaten for kandidatar med nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en. Etaten vurderer utlysing av traineestillingar i staten som eit eigna tiltak for tilrettelegging, og etaten har oppmoda personalleiarar om å nytta denne moglegheiten.

Det er ei målsetting å tilby minst éin praksisplass per år. Denne praksisplassen ønsker verksemda primært å tilby personar med annan etnisk bakgrunn enn norsk, personar som har hol i CV-en, eller personar som treng tilrettelegging.

Effekt av koronatiltaka

Petroleumstilsynet har ikkje grunnlag for å tru at Covid-19, eller smitteverntiltaka har endra likestillingsforholda i verksemda. I jamlege møte med dei tillitsvalde og vernetenesta om koronatiltak, har det ikkje vore meld inn særskilde utfordringar knytt til desse. Etaten arbeidar no med revidering av ordninga med heimekontor i samarbeid med dei tillitsvalde, og vil følge med på eventuelle likestillingskonsekvensar når det gjeld den vidare ordninga for heimekontor.

På grunn av koronapandemien og heimekontor har ikkje etaten kunne tilby praksisplass i perioden.

10 Omtale av klima- og miljørelevante saker

Arbeidsmiljø- og sikkerheitsområdet – miljøområde, miljømål og miljøutfordringar

Regjeringa sin klima- og miljøpolitikk bygger på at alle samfunnssektorar har eit sjølvstendig ansvar for å legge miljøomsyn til grunn for aktivitetane sine og for å medverke til at dei nasjonale klima- og miljøpolitiske måla kan bli nådde. For omtale av regjeringa sine samla klima- og miljørelevante saker, sjå Klima- og miljødepartementet sin fagproposisjon.

Eit sikkert og seriøst arbeidsliv er eit av hovudmåla for ansvarsområda til Arbeids- og sosialdepartementet, under dette å redusere risiko for storulykker i petroleumssektoren. Dei same faktorane som førebygger og reduserer risiko for storulykker, vil ofte òg kunne bidra til å førebygge forureining. Det er dei enkelte petroleumsselskapa som sjølve er ansvarlege for at helse, miljø, sikkerheit og sikring er tatt vare på.

Førebygging av forureining frå petroleumsverksemda utgjer eit viktig bidrag frå Arbeids- og sosialdepartementet til regjeringa sitt heilskaplege arbeid med klima og miljø. Hovudtyngda av Arbeids- og sosialdepartementet sin klima- og miljøinnsats ligg på resultatområdet for forureining. Arbeidsmiljø- og sikkerheitsstyresmaktene fører tilsyn med at verksemdene følger opp sitt HMS-ansvar.

Petroleumsverksemda er strengt regulert når det gjeld helse, miljø, sikkerheit og sikring. I regelverket er det stilt krav til robust utforming av utstyr og anlegg, som mellom anna inneber krav til barrierar mot ulykker og uønskte hendingar som kan føre til akutt forureining. Det er dessutan stilt strenge krav til HMS-styring, for å sikre at tiltak for å førebygge og stanse ulykker er tilpassa den enkelte verksemda sin eigenart, stadlege forhold og operasjonelle føresetningar. Arbeidsmiljø- og sikkerheitsstyresmaktene sitt tilsyn med petroleumsverksemda på norsk kontinentalsokkel og på enkelte landanlegg blir utført av Petroleumstilsynet. Petroleumstilsynet si oppfølging medverkar til sikkerheit og førebygging mot ulykker, for å forhindre, avgrense og stanse ulykker, inkludert akutt forureining. Dette bidreg til å førebygge akutt forureining til sjø og til luft og samtidig bygge opp om dei nasjonale målsettingane i klima- og miljøpolitikken.

Rapport 2020

Petroleumstilsynet gir årleg ut Risikonivå i norsk petroleumsverksemd, Akutte utslepp (RNNP-AU). Gjennom dette arbeidet overvakar Petroleumstilsynet trendar for uønskte hendingar og ulykker i petroleumsverksemda som har, eller kunne ha, ført til akutt forureining. Dette arbeidet gir viktig informasjon for å kunne betre effekten av sikkerheitsarbeid og dermed kunne førebygge hendingar som kan gi akutt forureining på norsk sokkel. Rapporten for 2020 blir publisert i oktober 2021.

Med bakgrunn i totalbiletet frå RNNP-rapportar kombinert med erfaringar frå tilsyn har Petroleumstilsynet dei siste åra retta merksemda si særleg mot tre område: Førebygging av brønnkontrollhendingar, førebygging av akutte utslepp av kjemikaliar og førebygging av akutt forureining frå innretningar på havbotnen. I 2020 blei desse prioriteringane lagt til grunn i Petroleumstilsynet si oppfølging av petroleumsselskapa, og i myndigheitssamarbeidet om tilsyn, regelverksutvikling og forvaltningsplan for Barentshavet.

RNNP-AU viser at det ikkje er nokon tydeleg betring i åra 2005–2020 når det gjeld førebygging av brønnkontrollhendingar med potensiale for forureining på norsk sokkel. Læring frå brønnkontrollhendingar med potensial for forureining er viktig fordi det gir kunnskap om barrierar som har innverknad på førebygging av alle typar brønnkontrollhendingar, både dei med potensial for personskadar og dei med potensial for forureining.

Det har vore ei positiv utvikling og ein nedgang i talet på hendingar med kjemikalieutslepp i åra 2015–2020. Tala for 2020 viser ei auke i talet på hendingar med kjemikalieutslepp. Dei syner og ei negativ utvikling i årlege utsleppsmengder. I 2020 fann det stad fem hendingar der utsleppsmengda var over 100 kubikkmeter. Det er for tidleg å seie om den negative utviklinga representerer ei trend. Akutte kjemikalieutslepp er den dominerande typen utslepp i norsk petroleumsverksemd, både når det gjeld talet på utslepp og årlege utsleppsmengder. Petroleumstilsynet si oppfølging av selskapa bidreg mellom anna til ei meir effektiv førebygging av akutte utslepp av kjemikaliar.

Det er ofte dei same faktorane som reduserer risiko for menneske som òg førebygger forureining. Det er generelt framleis behov for merksemd på førebygging av akutt forureining i arbeidet med sikkerheit i norsk petroleumsverksemd.

Vidare arbeid

Petroleumstilsynet vil arbeide vidare med å utvikle og forvalte sikkerheitsregelverket slik at krav til teknologi, operasjonar og styring av verksemdene i petroleumssektoren underbygger nasjonale og regionale miljømål og klimapolitikken. Førebygging av akutt forureining er slik eit positivt miljøbidrag, som blir følgt opp i tilsyn, i trepartsfora og i samarbeid med andre myndigheiter. Petroleumstilsynet vil òg føre vidare eit aktivt samarbeid med andre etatar i samband med utvikling og oppfølging av heilskaplege forvaltningsplanar for dei norske havområda.

11 Samfunnstryggleik

Arbeids og sosialdepartementets myndigheitsansvar for samfunnstryggleik er todelt:

  • Arbeids- og velferdsområdet omfattar beredskap og samfunnskritisk verksemd knytt til folketrygda sine pensjonar og ytingar, offentleg tenestepensjon o.a. Ved behov skal sektoren òg medverke til å dekke samfunnet sitt behov for arbeidskraft ved kriser i fredstid.

  • Arbeidsmiljø- og sikkerheitsområdet omfattar både arbeidsliv på land og i petroleumsverksemda. Ansvaret for førebygging og beredskap i petroleumsverksemda, offshore og på særskilt definerte landanlegg med tilknytt røyrleidningsystem, omfattar både helse, miljø og sikkerheit inkludert storulykkerisiko, samt sikkerheitstiltak og beredskap mot medvetne handlingar. Når det gjeld oppfølging av storulykkerisiko har Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap (DSB) mellom anna ansvar for den praktiske koordineringa av tilsyn og anna oppfølging av storulykkeforskrifta knytt til det landbaserte arbeidslivet. Petroleumstilsynet følgjer opp og fører tilsyn med storulykker og koordinerer tilsyn med helse, miljø og sikkerheit i petroleumsverksemda på sokkelen og særskilt definerte landanlegg.

Arbeids- og sosialdepartementet har eit overordna mål om å førebygge uønskte krisehendingar innan vårt sektoransvar. Det andre overordna målet er å kunne handtere og minske følgjene av alle typar krisehendingar i eige sektor, og medverke til at kriser i andre sektorar og viktige funksjonar for samfunnet blir handtert på ei god måte. Dette følgjes opp ved at sektoren skal ha gode krise- og beredskapsplanar basert på ROS-analysar, at øvingar blir gjennomført, at sikkerheitstilstanden blir vurdert, og at handlingsplanar, strategiar og læringspunkt frå hendingar/øvingar følgjes opp. Eit godt samarbeid på tvers i sektoren og med andre styresmaktar og aktørar er ein føresetnad, både i det førebyggande arbeidet og ved handtering av kriser.

Underliggande verksemder har eit sjølvstendig ansvar for at omsynet til samfunnstryggleik er ein integrert del av arbeidet i eigen sektor og organisasjon. Krav til verksemdenes arbeid på dette området er instruksfesta. Instruksane er samordna med dei krav, oppgåver og prioriteringar som er gitt til departementa i Instruks for departementas arbeid med samfunnssikkerheit (Samfunnssikkerheitsinstruksen) av 1. september 2017 og i Nasjonal strategi for digital sikkerheit.

Sektoren fornyar regelmessig analyser knytt til risiko- og sårbarheit (ROS). Under koronapandemien har det særleg vært arbeida med risikovurderingar knytt til gjennomføring av ulike tiltak. I juli 2021 la Arbeids- og velferdsetaten òg fram ein rapport om kva for typar uønskte hendingar som kan ramme tenesteleveransane til NAV og korleis dette kan påverka den nasjonale samfunnstryggleiken. Den periodiske rapporten om Risikonivå i norsk petroleumsverksemd (RNNP) for 2020 vil bli publisert i oktober 2021. Rapporten blir utarbeidd i samarbeid mellom Petroleumstilsynet og partane i næringa.

Departementet har ein kriseorganisasjon og verktøy for handtering av krisehendingar. Desse beredskapssystema har vore viktige i handteringa av koronapandemien. Under pandemien har planverket vært oppdatert med ein konkret tiltaksplan utleia av regjeringas Beredskapsplan for smitteverntiltak ved økt smittespreiing under covid-19-pandemien. Det har vore øvd på kva for utfordringar som følgjer av ulike utviklingsscenarioer, og Arbeids- og sosialdepartementets covid-19 plan er justert i tråd med dette. Både departementet og sentrale underliggande verksemder har gjennomført undervegsevalueringar av koronahandteringa, og i NOU 2021: Myndigheitenes handtering av koronapandemien er det enkelte anbefalingar med indirekte følgjer for sektoren. Dei fleste læringspunkta er følgt opp, og arbeidet med å følgje opp dei resterande punkta vil halde fram. Sektoren står nå betre rusta om det kjem nye rundar med smitte som gjer det nødvendig med organisatoriske og ressursmessige tilpassingar.

Arbeid med samfunnskritiske funksjonar

I tråd med ansvarsprinsippet i Samfunnssikkerheitsinstruksen har Arbeids- og sosialdepartementet eit delansvar for ulike samfunnskritiske funksjonar og tenester, sjølv om andre sektordepartement har ansvar for at infrastrukturen fungerer som den skal. For nærare konkretisering av Arbeids- og sosialdepartementets ansvar sjå ansvarsfordeling mellom departementa for tverrsektorielle område i samfunnssikkerheitsarbeidet i Prop. 1 S for Justis- beredskapsdepartementet.

Avhengigheit til digitale infrastrukturar og -system er eit gjennomgåande trekk ved dei samfunnskritiske tenestene sektoren har eit ansvar for. Digital infrastruktur blir stadig meir global, omfattande og integrerte. Brot og/eller bortfall i digitale system kan medføre utfordringar for sektorens bidrag til å ivareta kritiske samfunnsfunksjonar og tenester. Dei siste åra har merksemda og krava til å følgje opp digital sikkerheit difor blitt sterkare. Dette er tema i styringsdialogen med alle verksemder, men særleg Arbeids- og velferdsetaten og Petroleumstilsynet har leveransar knytt til samfunnskritiske tenester.

Arbeids- og velferdsdirektoratet gjennomførte våren 2019 ein overordna vurdering av eiget sikkerheitsarbeid inkludert digital sikkerheit. I oppfølginga av dette har direktoratet innafor eigne rammer styrka organisasjonen med ny kompetanse. Gjennom 2020 er det gjennomført særskilte risikovurderingar, og anna arbeidd for å styrke sikkerheita i tråd med den nasjonale strategien for digital sikkerheit. I samarbeid med Statens pensjonskasse og Pensjonstrygden for sjømenn administrerer òg Arbeids- og velferdsdirektoratet ei responsfunksjon for å handtere digitale truslar og eventuelle dataangrep på arbeids- og velferdsområdet. I 2021/2022 legg departementet opp til å øve på ei digital krisehending som involverer responsfunksjonen.

Petroleumslova pålegg operatørane (oljeselskapa) i petroleumsnæringa eit sjølvstendig ansvar for beredskap mot fare- og ulykkesituasjonar, og å sjå til at underentreprenørar mv. møter krava til beredskaps- og tryggingstiltak. Det er utvikla eit regelverk som stiller strenge krav til dei enkelte selskapa sin innsats. Styring av storulykkerisiko skal vere ein integrert del av selskapa sin aktivitet. Petroleumstilsynet fører tilsyn med næringa. Ved ei hending innan petroleumsverksemda er det operatør som er ansvarleg for å sette i verk nødvendige tiltak og rapportere til Petroleumstilsynet, samt andre involverte etatar. Petroleumstilsynet har ei beredskapsvaktordning som varslar vidare til andre styresmakter og sikrar effektiv oppfølging av eige ansvarsområde ved krisesituasjonar. Dette omfattar formidling av informasjon til Arbeids- og sosialdepartementet.

NOU 2021: Myndigheitenes handtering av koronapandemien trekker fram at Arbeids- og velferdsetaten i all hovudsak har oppretthaldt sin samfunnsfunksjon i handteringa av koronakrisa, sjølv om det var utfordringar knytt til enkelte livsopphaldsytingar. Sektorens rolle i oppfølging av samfunnskritiske funksjonar bør likevel avklarast betre. Departementet følgjer opp dette gjennom eit arbeidd starta av Justis- og beredskapsdepartementet. Det er eit mål å revidere kva for funksjonar i sektoren som i eit tverrsektorielt perspektiv er kritiske for samfunnstryggleiken.

Implementering av sikkerheitslova

Lov om nasjonal sikkerheit (sikkerheitslova) tok til å gjelde 1. januar 2019. Føremålet med lova er å ivareta nasjonale tryggingsinteresser, ved å førebygge, avdekke og motverke sikkerheitstrugande verksemd. Regelverket legg grunnlag for å kunne skjerme vesentlege verdiar i form av informasjon, informasjonssystem, objekt og infrastruktur. Alle departementa skal derfor ivareta grunnleggande nasjonale funksjonar (GNF) innafor sitt ansvarsområde. Det inneber å identifisere om det er tenester, produksjon og andre former for verksemd der eit helt eller delvis bortfall av funksjonen vil kunne innverke på staten si evne til å ivareta de nasjonale tryggingsinteressene. Departementa skal òg ivareta GNF, gjere vedtak overfor verksemder som har avgjerande betydning for GNF og gjennomføre naudsynte tryggingstiltak for skjermingsverdige verdiar.

Gjennom GNF-arbeidet er det identifisert tre grunnleggande nasjonale funksjonar med innverknad på Arbeids- og sosialdepartementets område. To av desse funksjonane er tverrsektorielle.

  • GNF 1: Arbeids- og sosialdepartementets verksemd, handlefriheit og beslutningsdyktigheit omfattar den rolla departementet har som fagleg sekretariat for politisk leiing, utøving av myndigheit, samt styring og oppfølging av underliggande verksemder. Arbeidd med denne GNF er tilpassa oppfølginga i andre sektorar, med tilsvarande GNF.

  • GNF 2: Kritiske offentlege ytingar til befolkninga er i GNF-samanheng avgrensa til livsopphaldsytingar. Fleire av dei største ytingane som Arbeids- og velferdsetaten forvaltar er avgjerande for livsopphaldet til mottakarane. Manglande utbetaling av slike vil i løpet av kort tid kunne gi grunnlag for uro og turbulens i befolkninga, som kan innverke på nasjonale tryggingsinteresser. Arbeids- og sosialdepartementet har avdekt skjermingsverdige verdiar i sektoren av betydning for denne GNF. Desse er meldt inn til Nasjonal sikkerheitsmyndigheit (NSM). Det er i 2020 og 2021 gjennomført skadevurderingar og sikringstiltak.

  • GNF 3: Kontroll med utvinning av petroleum på norsk sokkel blei vedtatt i juni 2021. I samarbeid med Olje- og energidepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet og Forsvarsdepartementet vil Arbeids- og sosialdepartementet bidra med vurderingar og faglege innspel til kva for tenester, produksjon og andre former for verksemd som tar hand om og støtter opp om denne grunnleggande nasjonale funksjonen. Dersom det blir avdekkja skjermingsverdige verdiar og identifisert verksemder som skal underleggast sikkerheitslova, vil Petroleumstilsynet kunne bidra med å føre tilsyn med verksemdenes etterleving av sikkerheitskrava.

Det å ivareta føremålet med sikkerheitslova er ein vedvarande prosess som kan føre til endringar når det gjeld identifiserte funksjonar og skjermingsverdige verdiar, kva for verksemder som er av vesentleg og avgjerande betyding, og i kva for ein grad ei verksemd er avhengig av eksterne ressursar (andre verksemder). Kva som vil krevjast for å oppnå eit forsvarleg tryggingsnivå kan òg bli endra.

Prioriteringar 2022

Arbeidet med samfunnstryggleik og intern sikkerheit vil halde fram og bli utvikla med basis i relevante analyser og styringsdokument, og i samarbeid med verksemder i sektoren og andre sektorar. Departementet vil i 2022 prioritere å:

  • Følgje opp utviklinga og oppgåver knytt til handteringa av koronapandemien.

  • Halde fram arbeidet med å følgje opp sikkerheitslova. Det betyr mellom anna å revidere og oppdatere innhaldet i GNF-ane, og å vurdere og implementere naudsynte sikringstiltak.

  • Utarbeide ei ny overordna risiko- og sårbarheisanalyse for heile sektoren, med grunnlag i dei risikovurderingane departementet har fått frå verksemdene i 2021.

  • Delta i øvingar, og følgje opp læringspunkt frå tidlegare øvingar, andre evalueringar og statusgjennomgangar.

For nærare omtale av meir konkrete mål og satsingar sjå Del II, programkategori 09.10 Administrasjon av arbeids- og velferdspolitikken, og programkategori 09.40 Arbeidsmiljø- og sikkerheit, kap. 640 Arbeidstilsynet og kap. 642 Petroleumstilsynet.

12 Grunnbeløp, pensjon, trygd og stønader

Grunnbeløpet er ein faktor som blir nytta til å fastsette og berekne retten til og storleiken på mange ytingar etter folketrygdlova. Grunnbeløpet blir mellom anna nytta til å fastsette opptening av alderspensjon, til opptening og berekning av pensjonsytingane frå folketrygda, til fastsetting av inntektsgrenser for inntektsprøvde ytingar og til fastsetting av det maksimale sjukepengegrunnlaget ein kan nytte ved berekning av sjukepengar. Grunnbeløpet blir regulert kvart år frå 1. mai. Frå 1. mai 2021 auka grunnbeløpet frå 101 351 kroner til 106 399 kroner. Dette er ein auke på 4,98 pst. Det gjennomsnittlege grunnbeløpet auka med 2,01 pst. frå 2019 til 2020, frå 100 853 kroner til 104 716 kroner.

Grunnbeløpet blir fastsett på grunnlag av venta lønnsauke i inneverande år, justert for eventuelle avvik mellom venta og faktisk lønnsauke dei siste to åra. Lønnsveksten i 2021 blei i Revidert nasjonalbudsjett anslått til 2,4 pst.

Som følgje av koronapandemien blei trygdeoppgjeret i 2020, som lønnsoppgjera, gjennomført på hausten. Som følgje av dette blei anslaget i Revidert nasjonalbudsjettet for lønnsvekst i 2020 fastsett før forhandlingane i frontfaget var sluttført. Pandemien gjorde vidare anslag på lønnsveksten svært usikker, og med tanke på at tida som var gått frå framlegginga av Revidert nasjonalbudsjett og gjennomføringa av trygdeoppgjeret, blei det vedtatt at ein skulle fråvike avgjerda om at lønnsvekstanslaget til revidert nasjonalbudsjett skulle leggast til grunn for reguleringa i 2020. På bakgrunn av utviklinga i norsk økonomi og ramma i frontfaget blei det i 2020 lagt til grunn ein lønnsvekst på 1,7 pst. ved reguleringa i 2020. Tilsvarande lønnsvekst blei lagt til grunn i regjeringas forslag for statsbudsjett for 2021.

Nasjonalrekneskapstal viser at årslønna auka med 3,1 pst. i 2020 for økonomien samla. Nedgangen i sysselsetjinga i 2020 kom særleg i yrke og næringar med lågt lønnsnivå, noko som bidrog til å endre samansetninga av lønnstakarar og heve det gjennomsnittlege lønnsnivået. TBU har anslått samansetningseffekten av forskyvingar mellom næringsgrupper til 0,5 prosenteiningar i 2020 på årslønnsveksten i lønnsstatistikken. Det gjeld dermed eit positivt avvik eitt år tilbake i tid på 1,4 pst. som det skal takast omsyn til. Lønnsveksten for 2020 blir likevel først endeleg fastsett i 2022 og i tråd med gjeldande reglar vil eventuelle avvik mellom anslaget på SSBs noverande tal inngå i talgrunnlaget for trygdeoppgjeret i 2022. Ved reguleringa i 2019 blei det lagt til grunn ein faktisk lønnsvekst på 3,5 pst. i 2019. Anslaget for 2019 er i TBU-rapporten i 2021 uendra. Det gjeld dermed ikkje avvik to år tilbake i tid.

Drøftingane med pensjonistorganisasjonane, organisasjonane til dei funksjonshemma og arbeidstakarorganisasjonane blei halde 19. og 20. mai.

På bakgrunn av anslaga over, blei det gjennomsnittlege grunnbeløpet auka frå 100 853 kroner i 2020 til 104 716 kroner i 2021. Nytt grunnbeløp frå 1. mai 2021 er 106 399 kroner.

Frå 1. januar 2011 blei det innført fleksibelt uttak, levealdersjustering og ny regulering av alderspensjon, og reglane for korleis minsteytinga i alderspensjonen frå folketrygda blir målt ut blei endra. Særtillegget blei avløyst av eit pensjonstillegg, og minste pensjonsnivå for personar med låg eller ingen tilleggspensjon blir fastsett som eit kronebeløp. Er satsen høgare enn den grunn- og tilleggspensjonen pensjonisten har rett til, blir differansen betalt ut som eit pensjonstillegg.

Personar fødde til og med 1942 er ikkje omfatta av reglane om fleksibelt uttak og levealdersjustering. Personar fødde i 1943 som tok ut alderspensjon med særtillegg i 2010, vil få gjort om særtillegget til pensjonstillegg dersom dei reduserer pensjonsgraden eller får ny opptening mv. Den ordinære satsen for særtillegget er 100 pst. av grunnbeløpet.

Pr. 1. mai 2021 utgjer satsane for minste pensjonsnivå i folketrygdlova § 19-8 166 242 kroner for låg sats, 192 408 kroner for ordinær sats, 202 470 kroner for høg sats, 218 717 kroner for særskild sats i sjette ledd bokstav a og 315 152 kroner for særskild sats i sjette ledd bokstav b. Frå 1. juli auka satsen etter sjette ledd bokstav a til 223 717 kroner. Satsane er knytt opp til sivilstatus og storleiken på ektefellens inntekt og pensjon.

Følgjande pensjonsytingar blir fastsette i høve til grunnbeløpet:

Stønadsform

Utgjer i pst. av grunnbeløpet

1.

Full grunnpensjon til einsleg pensjonist, og til pensjonist med ektefelle som ikkje har rett til pensjon

100

2.

Full grunnpensjon til pensjonist med ektefelle/sambuar som og har rett til pensjon, eller som forsørgjer seg sjølv1

90

4.

Barnetillegg for kvart barn før inntektsprøving (gjeld uføretrygd)

40

5.

Barnepensjon

a) for 1. barn når ein av foreldra er død

40

b) for kvart av dei andre barna når ein av foreldra er død

25

c) for 1. barn når begge foreldra er døde: Same beløp som pensjon til etterlatne til den av foreldra som ville ha fått størst slik pensjon

d) for 2. barn når begge foreldra er døde

40

e) for kvart av dei andre barna når begge foreldra er døde

25

6.

Full overgangsstønad til etterlaten, ugift, skilt eller separert forsørgjar

225

7.

Særtillegg til ytingar i folketrygda

a) for einsleg pensjonist, pensjonist som forsørgjer ektefelle under 60 år (ordinær sats)

100

b) for ektepar der begge har minstepensjon (100 pst. for kvar), og for pensjonist som forsørgjer ektefelle over 60 år

200

c) for pensjonist som har ektefelle med tilleggspensjon som er høgare enn særtillegget etter ordinær sats

74

1 Ektefelle/sambuar som har årleg inntekt større enn to gonger grunnbeløpet blir rekna som sjølvforsørgjande.

For alderspensjonistar svarar fullt tillegg for ektefelle til 25 pst. av minste pensjonsnivå med høg sats, medan barnetillegg svarar til 20 pst.

Andre stønader som Stortinget fastset1:

Satsane for grunn- og hjelpestønad blir normalt prisjustert med forventa konsumprisvekst. Frå 2021 til 2022 foreslår departementet at satsane for grunn- og hjelpestønad vidareførast nominelt.

Type stønad

2021

2022

1a.

Grunnstønad for ekstrautgifter grunna varig sjukdom, skade eller lyte etter folketrygdlova § 6-3 (lågaste sats)

8 232

8 232

1b.

Ved ekstrautgifter utover lågaste sats, kan grunnstønad bli auka til

12 564

12 564

1c.

eller til

16 464

16 464

1d.

eller til

24 252

24 252

1e.

eller til

32 868

32 868

1f.

eller til

41 052

41 052

-

2a-2.

Hjelpestønad etter folketrygdlova § 6-4 til dei som må ha særskilt tilsyn og pleie grunna varig sjukdom, skade eller lyte

14 748

14 748

2b.

Høgare hjelpestønad etter folketrygdlova § 6-5 til barn under 18 år som må ha særskilt tilsyn og pleie

29 496

29 496

2c.

eller til

58 992

58 992

2d.

eller til

88 488

88 488

3.

Behovsprøvd gravferdsstønad opptil

24 734

25 377

4.

Stønad til barnetilsyn etter lova §§15-10 og 17-92

for første barn

50 340

51 000

for to barn

65 688

66 540

for tre og fleire barn

74 436

75 408

1 Satsane under punkt 1, 2 og 4 er årlege beløp for ytingane.

2 Beløpa i tabellen er maksimale refusjonssatsar. Stønaden er inntektsprøvd.

13 Standardiserte nøkkeltal for nettobudsjetterte verksemder – STAMI

Finansdepartementet har i samråd med aktuelle departement etablert nye prosedyrar for rapportering av nettobudsjetterte verksemder sine kontantbehaldningar per 31. desember med verknad frå statsrekneskapen for 2010. Det blei i samband med budsjettproposisjonen for 2011 utarbeidd tre standardtabellar med nøkkeltal:

Utgifter og inntekter etter art: Føremålet med tabellen er å vise verksemda sine brutto utgifter og inntekter ut frå kontantprinsippet og med inndeling etter art ut frå dei same prinsippa som gjeld for dei bruttobudsjetterte verksemdene (i heile kroner)

Utgifter/inntekter

Rekneskap 2018

Rekneskap 2019

Rekneskap 2020

Budsjett 2021

1. Utgifter

Driftsutgifter:

Utgifter til lønn

86 677 348

87 551 047

95 128 404

107 339 809

Varer og tenester

40 587 782

44 497 542

44 417 093

61 138 218

Sum driftsutgifter

127 265 130

132 048 590

139 545 497

168 478 027

Investeringsutgifter:

Investeringar, større anskaffingar og vedlikehald

7 782 105

10 322 540

12 737 552

5 373 331

Sum investeringsutgifter

7 782 105

10 322 540

12 737 552

5 373 331

Sum utgifter

135 047 235

142 371 129

152 283 049

173 851 358

2. Inntekter

Driftsinntekter:

Inntekter frå sal av varer og tenester

4 953 297

5 662 005

2 840 361

5 016 000

Inntekter frå avgifter, gebyr og lisensar

0

0

0

0

Refusjonar1

0

0

0

0

Andre driftsinntekter

0

0

0

0

Sum driftsinntekter

4 953 297

5 662 005

2 840 361

5 016 000

Overføringar til verksemda:

Inntekter frå statlege løyvingar

122 421 000

152 925 000

151 712 000

156 285 000

Andre innbetalingar

5 880 000

10 073 540

20 955 418

12 550 358

Sum overføringsinntekter

128 301 000

162 998 540

172 667 418

168 835 358

Sum inntekter

133 254 297

168 660 545

175 507 778

173 851 358

3. Nettoendring i kontantbehaldninga (2–1)

-1 792 938

26 289 416

23 224 729

0

1 Frå 2015 blei refusjonar knytte til foreldrepengar og sjukepengar mv. rekneskapsførte som reduksjon i utgifter til lønn. I tabellen ovanfor er refusjonar presenterte i utgift til lønn som brutto inntekt.

Inntekter etter inntektskjelde: Dei fleste nettobudsjetterte verksemdene har fleire inntektskjelder, og føremålet med tabell 2 er å gi ei oversikt over dei ulike inntektskjeldene (i heile kroner)

Inntektskjelde

Rekneskap 2018

Rekneskap 2019

Rekneskap 2020

Budsjett 2021

Løyvingar til finansiering av statsoppdraget:

Løyvingar frå fagdepartementet

122 421 000

152 925 000

151 712 000

156 285 000

Løyvingar frå andre departement

0

0

0

Løyvingar frå andre statlege forvaltingsorgan

1 500 000

3 635 685

7 232 474

400 000

Tildeling frå Noregs forskingsråd

994 333

1 645 501

4 083 004

3 692 709

Sum løyvingar

124 915 333

158 206 186

163 027 478

160 377 709

Offentlege og private bidrag:

Bidrag frå kommunar og fylkeskommunar

700 000

356 000

50 000

0

Bidrag frå private

2 685 667

4 436 354

4 860 823

4 908 906

Tildelingar frå internasjonale organisasjonar

0

0

4 729 117

3 548 743

Sum bidrag

3 385 667

4 792 354

9 639 940

8 457 649

Oppdragsinntekter:

Oppdrag frå statlege verksemder

0

0

0

0

Oppdrag frå kommunale og fylkeskommunale verksemder

0

0

0

0

Oppdrag frå private

0

0

0

0

Andre inntekter (kursinntekter, laboratorieinntekter)

4 953 297

5 662 005

2 840 361

5 016 000

Sum oppdragsinntekter

4 953 297

5 662 005

2 840 361

5 016 000

Sum inntekter

133 254 297

168 660 545

175 507 778

173 851 358

Andre inntekter enn basisløyvinga er i hovudsak forskingsbidrag. Inntektskjeldene er i all hovudsak offentlege midlar frå andre finansieringskjelder, hovudsakleg Noregs forskingsråd og andre forskingsfond.

Verksemda si kontantbehaldning per 31. desember i perioden 2018–2020 med spesifikasjon av føremålet kontantbehaldninga skal nyttast til (i heile kroner)

Balanse 31. desember

2018

2019

2020

Endring 2019–2020

Kontantbehaldning:

Behaldning på oppgjerskonto i Noregs Bank

67 544 652

93 834 068

117 058 797

23 224 729

Behaldning på andre bankkonti, andre kontantbehaldningar og kontantekvivalentar

0

0

0

0

Andre kontantbehaldningar

0

0

0

0

Sum kontantbehaldning

67 544 652

93 834 068

117 058 797

23 224 729

Avsetningar til dekking av kostnader med forfall i neste budsjettår:

Feriepengar mv.

7 058 678

7 389 666

8 418 448

1 028 782

Skattetrekk og offentlege avgifter

6 270 702

6 553 688

6 916 944

363 256

Gjeld til leverandørar

5 298 274

6 171 068

5 592 346

-578 722

Gjeld til oppdragsgivarar

0

0

0

0

Anna gjeld med forfall i neste budsjettår

2 115 652

2 330 146

1 914 749

-415 397

Sum til dekking av kostnader med forfall i neste budsjettår

20 743 307

22 444 569

22 842 487

397 918

Avsetningar til dekking av planlagde tiltak der kostnadene heilt eller delvis vil bli dekte i framtidige budsjettår:

Prosjekt finansiert av Noregs forskingsråd mv.

8 100 521

6 340 261

16 693 500

10 353 239

Større starta, fleirårige investeringsprosjekt finansiert av grunnløyvinga frå fagdepartement

4 535 220

4 235 740

4 235 741

1

Konkrete oppstarta, ikkje fullførte prosjekt finansiert av løyvingar frå fagdepartement

26 165 605

53 813 498

66 287 069

12 473 571

Andre avsetningar til vedtekne, ikkje igangsette føremål

0

0

0

0

Sum avsetningar til planlagde tiltak i framtidige budsjettår

38 801 345

64 389 499

87 216 310

22 826 811

Andre avsetningar:

Avsetningar til andre føremål/ikkje spesifiserte føremål

8 000 000

7 000 000

7 000 000

0

Fri verksemdkapital

0

0

0

0

Sum andre avsetningar

8 000 000

7 000 000

7 000 000

0

Langsiktige forpliktingar (netto):

Langsiktige forpliktingar knytt til anleggsmiddel

0

0

0

0

Anna langsiktig gjeld

0

0

0

0

Sum langsiktig gjeld

0

0

0

0

Sum netto gjeld og forpliktingar

67 544 652

93 834 068

117 058 797

23 224 729

Utanom avsetningar til arbeidsgivaravgift, feriepengar og arbeidsgivar sine pensjonsinnskot, inneheld kontantbehaldninga konkrete utgiftsforpliktingar i form av forskotsinnbetalte forskingsbidrag i dei enkelte prosjekta. Kontantbeholdninga inneheld og delar av tidlegare års løyving som i framtidige år vil gå med til å skaffe vitskapeleg utstyr i tillegg til dekking av periodevise høgare kostnader, mellom anna for NOA og den arbeidsmedisinske satsinga.

Til forsiden