Prop. 1 S (2022–2023)

FOR BUDSJETTÅRET 2023 — Utgiftskapittel: 61, 400–491 Inntektskapittel: 3400–3490

Til innhaldsliste

Del 1
Innleiande del

1 Hovudinnleiing

1.1 Ansvarsområde og organisering

Justis- og beredskapsdepartementet har ansvar for rettsvesenet, kriminalomsorga, politi- og påtalemakta, redningstenesta og utlendingsstyresmaktene og har samordningsansvar for samfunnstryggleik og truslar mot rikstryggleiken på sivil side. Ansvaret for samordning av norsk politikk i polarområda og svalbardbudsjettet ligg òg til departementet. Departementet har ansvar for om lag 150 lover og har i tillegg som oppgåve å bidra til å sikre kvalitet i lovarbeidet i andre departement. Totalt har Justis- og beredskapsdepartementet 19 underliggjande og tilknytte verksemder som saman bidrar til å oppfylle samfunnsoppdraget til sektoren.

Figur 1.1 Oversikt over underliggjande og tilknytte verksemder under Justis- og beredskapsdepartementet

Figur 1.1 Oversikt over underliggjande og tilknytte verksemder under Justis- og beredskapsdepartementet

1.2 Mål for justis- og beredskapssektoren

Regjeringa arbeider for sterke og trygge lokalsamfunn med gode tenester til innbyggjarane. Tenestene i justis- og beredskapssektoren skal ha ein desentralisert struktur som gir arbeidsplassar og beredskap i heile landet. For 2023 gjeld desse overordna måla for justissektoren.

Figur 1.2 Overordna mål for Justis- og beredskapsdepartementet

Figur 1.2 Overordna mål for Justis- og beredskapsdepartementet

1.3 Hovudsatsingar i 2023

Norsk økonomi er inne i ein kraftig høgkonjunktur med mangel på arbeidskraft, prisstiging og aukande renter. Dei økonomiske utsiktene tilseier derfor eit stramt budsjettforslag frå regjeringa. Budsjettopplegget har også konsekvensar for justis- og beredskapssektoren ved at det må prioriterast strengt innanfor budsjettramma. Regjeringa har likevel funne det nødvendig å foreslå enkelte nye satsingar på justis- og beredskapsområdet.

I saldert budsjett for 2022 sørgde regjeringa for å auke løyvingane til politiet, kriminalomsorga, domstolane og påtalemakta med til saman 330 mill. kroner meir enn førre regjering, jf. Prop. 1 S Tillegg 1 (2021–2022). Tiltaka blir foreslått førte vidare i 2023. Den russiske invasjonen av Ukraina har ført til grunnleggjande og varige endringar i den tryggleikspolitiske situasjonen i Europa. På bakgrunn av dette foreslo regjeringa i Prop. 78 S (2021–2022) 500 mill. kroner i auka løyvingar til tiltak for å styrke den sivile beredskapen i Noreg. I hovudsak gjaldt dette styrking av digital tryggleik gjennom bl.a. betra handtering av hendingar og til vidare utvikling av Varslingssystem for digital infrastruktur (VDI), auka operativ evne i Sivilforsvaret, etablering av mobilbasert befolkningsvarsling basert på Cell Broadcast-teknologien, betring av Sivil klareringsmyndigheit si behandlingskapasitet og sivil etterretning, spesielt i Nord-Noreg. I 2023 blir det foreslått å vidareføre dei fleste av desse tiltaka, som utgjer 417 mill. kroner i samla løyving under Justis- og beredskapsdepartementets budsjett.

Regjeringa vil halde fram med å sikre tryggleik, rettstryggleik og tilgjengelege tenester for innbyggjarane i heile landet, og foreslår nye satsingar under Justis- og beredskapsdepartementet på til saman om lag 424 mill. kroner i 2023.

Regjeringa vil gjennomføre ei tillitsreform i offentleg sektor. Reforma handlar om å gi dei tilsette tid og tillit til å gi brukaren betre tenester. Dette gjeld t.d. dei tilsette i politiet, rettsvesenet, redningstenesta, kriminalomsorga og utlendingsforvaltninga. Reforma skal utformast i tett samspel med brukarorganisasjonar, tillitsvalde og leiinga i verksemdene. Eit viktig verkemiddel vil vere auka bruk av tillitsbasert og nær leiing, utan lange ansvarskjeder med unødvendig detaljstyring og rapportering. Målet er ein justis- og beredskapssektor som førebyggjer betre, der ressursane er tilgjengelege og finn kvarandre, og der politiet og nødetatane er tilgjengelege over heile landet.

Regjeringa vil kjempe mot kriminalitet, men òg årsakene til kriminalitet, gjennom å førebyggje og etterforske betre. For å kunne førebyggje godt, kjempe effektivt mot kriminalitet og ha god beredskap må politiet og lokalsamfunna kjenne kvarandre godt. Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) si følgjeevaluering av politireforma og politiet si innbyggjarundersøking har vist at politinærværet og tryggleiksfølelsen i mindre lokalsamfunn ikkje har blitt styrka. Regjeringa arbeider derfor med å styrke politinærværet i heile landet. Fleire polititilsette, auka tilgjengelegheit og det å bringa politiet nærmare folk t.d. med å styrka eksisterande tenestestader og etablere fleire tenestestader er ein del av arbeidet.

I statsbudsjettet for 2022 foreslo regjeringa å styrke budsjettet til politiet, irekna påtalemakta i politiet, med 226,3 mill. kroner meir enn den førre regjeringa sitt forslag, jf. Prop. 1 S Tillegg 1 (2021–2022). Regjeringa vil ha mindre byråkrati og meir politikraft for pengane, derfor vil departementet flytte 184,4 mill. kroner av politiets utgifter frå bl.a. Politidirektoratet, sentral administrasjon og konsulenttenester. Av dette skal 75 mill. kroner gå til betre lokale polititenester og beredskap, meir tilgjengeleg politi for folk i heile landet og nye polititenestestader, 11 mill. kroner til påtalemakta i politiet sitt arbeid og 27 mill. kroner til vidareføring av dei 100 nye studieplassane som vart etablert ved Politihøgskolen i 2022. 71,3 mill. kroner skal gå til vidareføring av auka kapasitet i politiet til å avdekke samansette truslar og etterretning i dei tre nordlegaste fylka, jf. omtale av Prop. 78 S (2021–2022) over.

Oslo fengsel er eit av dei største fengsla i Noreg med plass til om lag 240 innsette på høgt tryggleiksnivå. I 2019 kom det eit stengingsvarsel frå Statsbygg som følgje av tilstanden til bygget. Det er i perioden 2020–2022 gitt løyving til planlegging og forprosjektering av nytt Oslo fengsel. Det er vanskeleg å finne ei ny tomt i Oslo til det nye fengselet. Regjeringa foreslår å løyve 75 mill. kroner i 2023 til å utvide Romerike fengsel, avdeling Ullersmo med netto 76 plassar. Dette reknast som første trinn i eit samla prosjekt for å erstatte dagens Oslo fengsel.

Ein betydeleg del av innsette har samansette utfordringar og treng psykiatrisk hjelp. Psykiske lidingar blant innsette bidrar bl.a. til isolasjon, noko som igjen kan forsterke psykiske lidingar. Isolasjon av innsette i norske fengsel har vore kritisert av Sivilombodet og fleire internasjonale institusjonar for menneskerettar. Regjeringa foreslår derfor å løyve 45 mill. kroner i 2023 for å auke grunnbemanninga i norske fengsel for å redusere isolasjon. Forslaget kjem i tillegg til løyvinga frå 2022, jf. Prop 1 S Tillegg 1 (2021-2022), som har ei heilårseffekt på 100 mill. kroner i 2023. Samla foreslått auke for 2023 tilsvarer derfor 145 mill. kroner.

Regjeringa foreslår å løyve 2 mill. kroner til styrking av EØS-arbeidet i Lovavdelinga i Justis- og beredskapsdepartementet i 2023. Tiltaket vil gjere departementa betre rusta til å utnytte det handlingsrommet til å fremje norske interesser som ligg i EØS-avtalen. Det vil samstundes bidra til å redusere risikoen for feiltolking av EØS-regelverk og styrke arbeidet med å gjere regelverket meir tilgjengeleg.

Eit sentralt tiltak i arbeidet mot terror, ulovleg migrasjon og alvorleg grensekryssande kriminalitet er kontroll på kven som reiser inn og ut av Noreg. Schengen-landa er i gang med og skal i dei kommande åra halde fram med å utvikle og ta i bruk nye IKT-system for å styrke handteringa av den felles yttergrensa og tryggleiken på Schengen-området. Tiltaka skal samla sett gi tilgang til viktige opplysningar, større moglegheit til å avdekke uriktig identitet, sikrare behandling av visum- og opphaldssaker, meir målretta førebygging, avdekking og etterforsking av kriminalitet og terrorisme og dessutan eit tettare grense-, utlendings- og politisamarbeid med utlandet. Regjeringa foreslår å auke løyvinga til politiet med 288 mill. kroner til å forbetre IKT-systema i politiet.

Regjeringa foreslår å auke grunnbemanninga ved Hovudredningssentralen på Sola og i Bodø og å auke løyvinga med 14 mill. kroner i 2023. Ei styrking av grunnbemanninga vil dekke behovet for å handtere det auka talet på hendingar, møte risiko knytt til klimaendringar, auka trafikk i nordområda og vil redusere risikoen for at kapasiteten til HRS ikkje blir overbelasta som følgje av fleire samstundes redningsaksjonar, eller ei stor og kompleks hending som ikkje lar seg handtere med dagens tal på redningsleiarar på vakt.

For å handtere auke i asylinnkomstar (i hovudsak fordrivne frå Ukraina) i samsvar med prognosane frå juni, legg regjeringa òg opp til å auke løyvinga til Utlendingsdirektoratet med nær 1,2 mrd. kroner i 2023, samanlikna med saldert budsjett for 2022. Auken er i hovudsak knytte til innkvartering i asylmottak, medrekna utgifter til mottaka, tilskot til vertskommunar og stønader til bebuarar. Det er stor uvisse om utviklinga framover, og behovet kan endrast. I tillegg foreslår regjeringa å løyve til saman 304,6 mill. kroner til ein auke i administrativ kapasitet i politiet (225 mill. kroner) og UDI (79,6 mill. kroner) for å ha beredskap til å handtere vesentleg fleire innkomstar frå Ukraina i 2023 enn det som ligg til grunn i prognosane frå juni.

Regjeringa meiner at talet på overføringsflyktningar må sjåast i samanheng med talet på asylsøkarar og andre innvandrings- og integreringsutfordringar i Noreg. Kvoten har dei siste åra vore på 3 000 plassar, som er eit høgt nivå samanlikna med før 2016. Noreg har vore blant landa som har teke imot flest overføringsflyktningar dei siste åra, sett i forhold til folketalet. Krigen i Ukraina har medført ein auke i talet på asylsøkarar i 2022. Derfor foreslår regjeringa å redusere kvoten for overføringsflyktningar frå 3 000 plassar i 2022 til 2 000 plassar i 2023. Plassane på kvoten kan nyttast til å ta imot overføringsflyktningar eller ein annan type byrdedeling.

Tabell 1.1 Oversikt over regjeringa sine nye satsingar på Justis- og beredskapsdepartementet sitt område sammenlignet med saldert budsjett 2022

Mill. kroner

Politiet

Styrka yttergrensekontroll: Schengen IKT-system i politiet

288

Kriminalomsorga

Auke grunnbemanninga i fengsla for å redusere isolasjon

45

Utviding av Romerike fengsel, avdeling Ullersmo

75

Tryggleik i samfunnet

Auke grunnbemanninga ved Hovudredningssentralen

14

Vidareføre tiltak for sivil beredskap i Prop. 78 S (2021–2022)

Mobil befolkningsvarsling

66

Auka kapasitet i Sivil klareringsmyndigheit

10

Auka operativ evne i Sivilforsvaret

64

Styrking av NSM si evne til å forbetre den digitale tryggleiken gjennom bl.a. betra handtering av hendingar

24

Vidare utvikling av Varslingssystem for digital infrastruktur (VDI)

24

Auka kapasitet i PST til å avdekke samansatte truslar og etterretning i dei tre nordlgaste fylka

49

Tryggingstiltak og løysingar for å auke driftstryggleiken i PST

51

System for analyse av data i PST

28

Innkjøp av operativ teknologi i PST

15

Vidareføring av personkontroll på Svalbard

5

Abonnementskostander for nye Nødnett-terminalar til dei frivillige organisasjonane i redningstenesta

10

Rettstryggleik

Kompetanse og kunnskapsbygging innan EØS-rett

2

Sum

770

Tabell 1.2 Oversikt over viktige omprioriteringar innanfor Justis- og beredskapsdepartementet sitt område i 2023

Beskriving

Beløp i mill. kroner

Flytting av midlar frå byråkrati og sentrale einingar til førstelinja

Reduksjon i bl.a. politiet si bruk av konsulentar, i Politidirektoratet, Politiets IT-eining og Politiets fellestenester og sentral administrasjon i politidistrikta

-242,2

Meir tilgjengeleg politi for folk i heile landet

Betre lokale polititenester og beredskap, og nye polititenestestader

75,0

Stillingar i politiet: Vidareføring av arbeidet med samansette truslar og tryggingstiltak

71,3

Vidareføring av 100 nye studieplassar ved Politihøgskolen

27,1

Styrking av påtalemakta i politiet

11,0

Andre omprioriteringar

Vinstar frå prosjekta Digitale domstolar

-20,0

Erstatning ved personskade – kapitaliseringsrenta endra frå 4 pst. til 2,5 pst.

12,0

Auka kapasitet i Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker

3,0

Tilsynsordning for asylmottak for einslege mindreårige asylsøkarar – Statsforvaltaren

1,7

Auka utgifter til husleige for Sysselmeisteren

4,1

Regjeringa foreslår å opprette eigne budsjettkapittel for Politidirektoratet (POD), Domstoladministrasjonen (DA), Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI) og påtalemakta i politiet frå og med 2023. Formålet med å skilje ut løyvingane er å få meir kontroll med korleis ressursane vert fordelte internt i politiet, domstolane og kriminalomsorga. Regjeringa ønskjer at mest mogleg av løyvingane skal bli brukte til styrka tenester og beredskap, ikkje til administrasjon.

1.4 Utviklingstrekk som påverkar justissektoren

Det er fleire større utviklingstrekk i samfunnet som pregar justissektoren, og dermed også arbeidet og prioriteringane omhandla i denne proposisjonen. Desse trekka gir nye utfordringar, men til ein viss monn òg nye moglegheiter, i arbeidet med å sikre dei overordna måla for justissektoren: tryggleik i samfunnet og rettstryggleik for befolkninga. Utviklingstrekka går til dels på tvers av desse måla og dei andre måla for justissektoren nemnde i punkt 1.2, og dei har på den måten konsekvensar bl.a. for arbeidet med å sikre låg kriminalitet, ei kontrollert og berekraftig innvandring, godt forvalta polarområde og eit godt og tilgjengeleg lovverk. Blant dei aktuelle utviklingstrekka er dei mest sentrale den tryggleikspolitiske utviklinga i verda, auka internasjonalisering, teknologisk utvikling og klimaendringar. Utvikling i kjølvatnet av covid-19-pandemien påverkar òg justissektoren på tvers av dei overordna måla. I tillegg påverkar utviklingstrekk som urbanisering, sentralisering og demografisk utvikling justissektoren breitt. Fleire reformer i justissektoren har ført til sentralisering av både arbeidsplassar, makt og etatar. Fleire av tenestene som justissektoren leverer føreset god lokalkunnskap om menneske, samfunnsutvikling og demografi. Regjeringa vil leggja til rette for fleire tenester nær folk òg i justissektoren.

Maktbalansen i verda er i endring. Det går bl.a. for seg ei forskyving av makt frå Vesten til stormakter som veks fram i Asia, både økonomisk og tryggleikspolitisk. Framande statar og andre aktørar nyttar eit stadig breiare apparat av verkemiddel for å drive etterretning og påverking. Nye truslar mot den nasjonale tryggleiken utviklar seg derfor raskt, og terrortrusselen er stadig meir kompleks og uføreseieleg. Tryggleikspolitisk utvikling med stormaktsrivalisering gjer at statar tek i bruk kriminalitet som maktverkemiddel. Det er òg ein risiko for tap av nasjonal kontroll over samfunnskritiske funksjonar pga. utanlandske oppkjøp og investeringar. Russland sitt angrep på Ukraina har skapt ein ny tryggleikspolitisk situasjon som òg får konsekvensar for det sivile samfunnet i Noreg. Det stiller høgare krav til beredskap. Den nye tryggleikspolitiske situasjonen vil påverke Noreg sitt forhold til Russland som nabo i nord. Etterretningstrusselen i Noreg er blitt høgare. Tiltak for å sikre nasjonal tryggleik i møte med den tryggleikspolitiske utviklinga gir utfordringar i form av krevjande veiingar opp mot openheit i samfunnet og rettstryggleiken til individ, grupper og verksemder. Konfliktar i verda driv fleire menneske på flukt og kan gi store svingingar i kor mange asylsøkarar som kjem til Noreg. Dette blir forsterka av covid-19-pandemien. Krigen i Ukraina har gitt ein mellombels og brå auke i asylinnkomstane i Noreg.

Norske lover og forskrifter blir i stadig større grad påverka av internasjonalt regelverk som skal gjennomførast i norsk rett. Forvaltninga og domstolane må forhalda seg til meir samansette og dynamiske rettskjelder. Saka om feilpraktiseringa av opphaldskravet i folketrygdlova i samband med ytingar frå folketrygda er eit døme på at internasjonalt regelverk og tilhøyrande praksis kan vere avgjerande for løysinga av rettsspørsmål i Noreg. Auka internasjonalisering fører til auka rettsleggjering. Dette gir borgarane fleire rettar, men det betyr òg at rettsorgana får aukande betyding på kostnad av folkevalde styresmakter. Internasjonalt og europeisk samarbeid er avhengig av at grunnleggjande verdiar og reglar blir respekterte. Når rettsstaten blir svekt i enkelte europeiske land, får det òg konsekvensar for landa rundt. Auka internasjonalisering gir auke i grensekryssande kriminalitet, men òg moglegheit for internasjonalt samarbeid om å kjempe mot kriminalitet i Europa og globalt.

Mykje kriminalitet har samanheng med psykiske vanskar og rusbrukslidingar. Det har vore ein betydeleg auke i psykiatrioppdrag for politiet dei siste åra. Det har òg vore fleire alvorlege valdshendingar knytte til psykiatri. Tilsvarande seier ein betydeleg del av innsette i fengsel at dei har alvorlege psykiske lidingar, dei har samansette utfordringar og treng psykiatrisk hjelp.

Omfattande digitalisering pregar samfunnsutviklinga og er ein viktig premiss for verdiskaping, økonomisk vekst og effektivisering av samfunnet. Etterretningstenesta og PST beskriv i dei opne trusselvurderingane sine eit trusselbilete i endring, der stadig større aktivitet går for seg i det digitale rommet. Dette biletet blir òg støtta av vurderingane frå Økokrim og Kripos, medrekna kriminalitetsbiletet i det digitale rommet. Digital tryggleik er heilt avgjerande for å vareta velferdssamfunnet, viktige samfunnsfunksjonar, nasjonale tryggingsinteresser og interessene til kvar enkelt innbyggjar og sivilsamfunnet i det heile. Digitaliseringa gir dei kriminelle større handlingsrom. Trusselbiletet i det digitale rommet blir stadig meir komplekst. Dei kriminelle tek bl.a. i bruk kryptoteknologi, som gjer det vanskeleg å avdekke og etterforske kriminelle handlingar. Ny teknologi gir samstundes betre moglegheit for å førebyggje hendingar som truar samfunnstryggleiken, og nye moglegheiter for å oppdage, avverje og oppklare kriminalitet, bl.a. ved bruk av stordata, dronar og kunstig intelligens. Teknologisk utvikling med auka bruk av kunstig intelligens kan på den andre sida skape utfordringar knytt til rettstryggleik og personvern.

Nasjonalt medfører klimautfordringar som skogbrann, flaum og skred behov for høgare beredskap. Ein kan vente særlege utfordringar på mindre plassar, og dette gir ekstra utfordringar for kommunane. Klimaendringane kan vidare medføre utfordringar for forsyningstryggleiken av matvarer. Dei direkte verknadene av klimaendringane er kraftigare og oftare ekstremvêr som hetebølger, styrtregn og sterk vind. Forandringane i vêr og natur forsterkar påkjenningane frå naturhendingar som skred og flaum. Klimaendringane kan òg føre til auka spreiing av sjukdommar. Konsekvensane av klimaendringar, som ressursmangel og folkevandring, påverkar òg den tryggleikspolitiske situasjonen i verda. Klimaendringar skaper òg store utfordringar for forvaltning av polarområda, gjennom t.d. auka fare for skred og ulukker. Når vi legg meir vekt på miljø i samfunnet, endrar vi òg oppfatning av kva vi definerer som alvorleg kriminalitet. Dette fører med seg auka regulering, etterforsking og straffeforfølging av miljøskadeleg verksemd. Internasjonalt kan naturkatastrofar ventast å drive fleire menneske på flukt, noko som vil ha betyding for innvandringa til Noreg.

Covid-19-pandemien har utfordra samfunnstryggleiken breitt og har hatt vidtrekkande konsekvensar for nær sagt alle delar av samfunnet. Under pandemien har vi sett korleis globale smitteutbrot òg kan få følgjer for norsk tryggleikssituasjon. Både smittesituasjonen og konsekvensane av smitteverntiltaka kan forstyrre tilgangen til nødvendige varer og innsatsfaktorar som er viktige for å sikre drifta av nødvendige samfunnsfunksjonar. Erfaringane under pandemien har vist behovet for godt regelverk i krisetider, samstundes som det har vore krevjande å sikre meir enn smittevern, inkludert rettstryggleik. Det er viktig at regulering og praksis for auka samfunnstryggleik ikkje utfordrar demokratistandardar og god rettstryggleik for individ og verksemder, og at ein finn ein riktig balanse mellom ulike samfunnsbehov. Pandemien har forsterka uvissa rundt asylinnkomstar og arbeidsinnvandring.

1.5 Rettstryggleik

Rettstryggleik inneber at befolkninga i Noreg er trygge på at alle rettsforhold mellom offentlege styresmakter og den enkelte er føreseielege og forholdsmessige. Avgjerder og inngrep overfor den enkelte er baserte på lover og reglar, og det er openheit rundt avgjerder slik at dei kan kontrollerast. Styresmaktene opptrer upartisk, og reglar for saksbehandling blir følgde. Alle har reelt høve til å forsvare interessene sine overfor styresmaktene og kvarandre.

1.5.1 Innleiing

Verksemder som er særleg viktige for rettstryggleiken, er politiet, Den høgare påtalemakta, Spesialeininga for politisaker, forliksråda, domstolane, kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker, Statens sivilrettsforvaltning, kriminalomsorga, konfliktrådet, Utlendingsdirektoratet og Utlendingsnemnda.

Justis- og beredskapsdepartementet forvaltar òg ei rekkje ordningar som varetek rettstryggleiken til individa i samfunnet. Desse er bl.a. fri rettshjelp og tilskot til spesielle rettshjelpstiltak, erstatning til valdsoffer, erstatning i samband med strafforfølging og verjemålsordninga.

1.5.2 Tilstandsvurdering

Garantiar for rettstryggleiken kjem til uttrykk i Grunnlova og i dei internasjonale forpliktingane Noreg har, t.d. retten til ein rettvis rettargang, legalitetsprinsippet, forbod mot å gi lover tilbakeverkande kraft og forbod mot diskriminering. Krav til rettstryggleik inngår òg i ulike menneskerettsforpliktingar, som gjennomgåande stiller krav om at inngrep i menneskerettar må ha eit rettsleg grunnlag, forfølgje eit legitimt formål og vere forholdsmessige. Både norske domstolar og Den europeiske menneskerettsdomstolen bidrar til å sikre at Noreg oppfyller sentrale krav til rettstryggleik.

Den opplevde rettstryggleiken i Noreg er svært god samanlikna med andre land. Indeksen WJP Rule of Law måler opplevd rettstryggleik ut frå åtte dimensjonar.1 I undersøkinga for 2021 scorar Noreg nest høgast i verda, berre slått av Danmark. Resultata frå Nasjonal tryggleiksundersøking for 2020 viser at tilliten til det norske politiet og rettsvesenet er høg, og at tilliten er breitt forankra i befolkninga. Resultat frå European Social Survey viser at tilliten har vore stabilt høg over lang tid.

Sjølv om tilliten til både politiet og rettsvesenet er høg, står justissektoren føre fleire utfordringar både på kort og lang sikt knytte til rettstryggleik. Riksrevisjonen har undersøkt om politiet når måla på sentrale område, jf. Dokument 3:7 (2021–2022). Undersøkinga viste at resultata var blitt betre på nokre område, men at det framleis er manglar ved etterforsking av straffesaker. Oppklaringsprosenten går ned for fleire typar alvorleg kriminalitet, og det er eit problem at resultata varierer mellom politidistrikta for same type straffbare forhold. Dette er forhold som går utover rettstryggleiken til enkeltmenneske.

Oppklaringsprosent gir informasjon om rettstryggleiken, og oppklaringsprosenten i straffesaker har samla sett gått ned. Det gjeld særleg i alvorlege saker som politiet skal prioritere, t.d. grov vald og truslar, seksuallovbrot og økonomisk kriminalitet. Oppklaringsprosenten for lovbrotsgruppa vald og truslar med høg strafferamme har gått betydeleg ned og var i 2020 på 33 pst. Samstundes har det vore ein auke i talet på melde saker. Oppklaringsprosenten er spesielt låg for mishandling i nære relasjonar, der berre 18 pst. av sakene vart oppklarte i 2020.

Figur 1.3 Vald og truslar – tal på ferdig etterforska lovbrot og del av lovbrota som blir oppklarte

Figur 1.3 Vald og truslar – tal på ferdig etterforska lovbrot og del av lovbrota som blir oppklarte

SSB 2022, tabell 09405

Tilgjengelege og effektive domstolar som tek avgjerder med høg kvalitet, er avgjerande for rettstryggleiken til den enkelte. Lang saksbehandlingstid i domstolane svekker rettstryggleiken til både offer og dei tiltalte. For dei mest alvorlege sakene i tingretten og generelt for alle typar av saker i lagmannsretten har den gjennomsnittlege saksbehandlingstida over fleire år vore høgare enn målet til Stortinget om behandlingstid på tre månader. Det er frå medio 2022 gjort endringar i straffeprosesslova, som vil styrke rettstryggleiken og effektiviteten i den norske straffesaksbehandlinga, jf. Prop. 146 L (2020–2021) og Innst. 609 L (2020–2021). Lovendringane legg betre til rette for aktiv saksstyring i straffesaker. Saman med digitalisering av domstolane som har gått for seg dei seinare åra, er det venta at desse lovendringane på sikt reduserer saksbehandlingstida.

Utfallet av domstolbehandling av straffesaker er eit uttrykk for i kva grad domstolane er materielt samde i straffesaksbehandlinga i politiet og påtalemakta, og behandlinga er viktig for å vareta rettsvernet for tiltalte personar i straffesaker. I gjennomsnitt for alle lovbrot har delen tiltalar som endar med straffereaksjon i domstol, over lang tid lege på i overkant av 90 pst.

Det er viktig for rettstryggleiken at dei dømde ikkje må vente lenge på å få sona dommen sin. Etter at soningskøen auka i 2020 pga. smittevernstiltak som var sette i verk, har målretta arbeid i kriminalomsorga resultert i at soningskøen igjen er redusert.

I dei seinare åra har det vore endringar i gruppa av innsette i norske fengsel. Fleire innsette er dømde for det som kan karakteriserast som alvorlege lovbrot, og ein betydeleg del har samansette utfordringar og treng psykiatrisk hjelp. Isolasjon og mangel på menneskeleg kontakt kan forårsake eller forsterke psykiske lidingar. Isolasjon av innsette i norske fengsel har vore kritisert av Sivilombodet og fleire internasjonale institusjonar for menneskerettar.

Det er eit grunnleggande prinsipp i norsk rett at ved personskade skal den skadelidde ha full erstatning og dermed ikkje komme dårlegare ut etter skaden enn om han ikkje hadde hendt. Erstatning for framtidig tap blir som hovudregel fastsett til ein eingongssum. Ved utrekninga blir det nytta ei kapitaliseringsrente, der ei lågare rente gir høgare erstatningsutbetalingar. Regjeringa har endra kapitaliseringsrenta frå 4 pst. til 2,5 pst. med verknad frå 1. oktober 2022.

1.5.3 Tiltak

Regjeringa foreslår å løyve til saman 45 mill. kroner i 2023 for å auke grunnbemanninga i fengsel for å redusere isolasjon. Løyvinga skal gå til auka bemanning i dei fengsla der behovet er størst irekna fleire aktiviseringsteam. Forslaget kjem i tillegg til løyvinga frå 2022, jf. Prop 1 S Tillegg 1 (2021–2022), som har ei heilårseffekt på 100 mill. kroner i 2023. Samla foreslått auke for 2023 tilsvarer derfor 145 mill. kroner.

Vidare foreslår regjeringa å løyve 75 mill. kroner til utbygging av Romerike fengsel avdeling Ullersmo, irekna 13 mill. kroner under kriminalomsorga. Dette vil gi meir eigna areal for aktivitet og fellesskap. Sjå meir om dette i kap. 06.30 og i Prop. 1 S (2022–2023) for Kommunal- og distriktsdepartementet.

Rapportane NOU 2020: 9 Blindsonen, NOU 2021: 8 Trygd over landegrensene og arbeidsgrupperapporten Departementenes EØS-arbeid (2021) viste at det er behov for å byggje opp ein varig og robust kompetanse i forvaltninga. Det er naudsynt å auke kunnskapen om korleis ein kan handtere nasjonale prioriteringar innan rammene av EØS-retten, men også korleis ein skal redusere risikoen for feiltolking av EØS-regelverk. Regjeringa foreslår å løyve 2 mill. kroner til å styrke EØS-arbeidet i Lovavdelinga i Justis- og beredskapsdepartementet. Satsinga vil styrke rettstryggleiken.

Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker har i dei seinare åra hatt fleire krevjande saker til behandling, og saksbehandlingstida har auka. Det er viktig for rettstryggleiken til den enkelte at saka blir behandla innan rimeleg tid. Regjeringa foreslår derfor å styrke kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker med 3 mill. kroner.

1.6 Tryggleik i samfunnet

Tryggleik i samfunnet inneber at dei nasjonale tryggingsinteressene til Noreg er sikra. Samfunnet skal være verna mot hendingar som set liv og helse i fare, og som truar grunnleggjande verdiar og viktige samfunnsfunksjonar. Det skal være trygt å bu og ferdast i heile Noreg.

1.6.1 Innleiing

Samfunnstryggleik handlar om evna samfunnet har til å verne seg mot og handtere hendingar som truar grunnleggjande verdiar og funksjonar og set liv og helse i fare. Slike hendingar kan vere utløyste av naturen, vere eit utslag av tekniske eller menneskelege feil eller vere bevisste handlingar. Nasjonal tryggleik blir definert som statstryggingsområdet og ein avgrensa del av samfunnstryggleiksområdet som er av vesentleg betyding for staten si evne til å vareta nasjonale tryggingsinteresser, jf. tryggingslova.

Verksemder som er viktige for samfunnstryggleiken og nasjonal tryggleik på sivil side, er politiet, Politiets tryggingsteneste (PST), Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB), Nasjonalt tryggingsorgan (NSM), Sivil klareringsmyndigheit (SKM) og Hovudredningssentralen (HRS). Norsk redningsteneste er organisert som eit samvirke mellom ei rekkje offentlege, frivillige og private aktørar.

1.6.2 Tilstandsvurdering

Trusselbiletet

Trussel- og risikovurderingane som blir utarbeidde av bl.a. Etterretningstenesta, PST, NSM og politiet, i tillegg til DSB sitt krisescenario, gir eit viktig felles grunnlag for arbeidet med nasjonal tryggleik og samfunnstryggleik.

Trusselbiletet mot den nasjonale tryggleiken er komplekst og karakterisert ved mindre føreseielege truslar frå både framande statar, organiserte kriminelle nettverk og terroristar. Dei tradisjonelle tryggleiksutfordringane er endra, på same tid som nye er komne til. Kombinasjonen av ulike verkemiddel, sivile og militære, opne og fordekte, i det fysiske så vel som i det digitale rommet, gjer trusselbiletet utfordrande og samansett.

Politiets tryggingsteneste ventar framleis at trusselen frå ekstrem islamisme og høgreekstremisme vil utgjere dei største terrortruslane mot Noreg. Dei er òg bekymra for auka negativ merksemd mot norske styresmaktpersonar frå ekstremistar.

Samansett verkemiddelbruk omfattar både operasjonar i det digitale rommet og meir konvensjonelle tiltak, irekna det som ved første augekast kan sjå ut som ordinær kriminalitet i form av bl.a. skadeverk eller grovt tjuveri. Økonomiske tiltak, oppkjøp, falske nyheiter og ulike former for påverknadsoperasjonar er metodar som er særleg krevjande å møte. Samansett verkemiddelbruk utfordrar evna styresmaktene har til å fange opp trusselaktørar. Desse utfordringane er eit døme på at arbeidet med nasjonal tryggleik krev eit breitt samarbeid på tvers av sektorane i Noreg. Det er òg viktig at dei nasjonale tryggingsstyresmaktene har tilstrekkeleg heimelsgrunnlag, kompetanse og ressursar til å avdekke, motverke og handtere den breie verkemiddelbruken som framande statar rettar mot Noreg. Regjeringa vurderer behovet for regelverkstiltak.

Det er grunn til å tru at cyberoperasjonar som metode for bl.a. etterretning og påverknad vil vere særs aktuelt framover, og dette er forsterka av den nye tryggleikspolitiske situasjonen som Russland sitt angrep på Ukraina har skapt, då slike operasjonar vil kunne gi høg effekt utan stor risiko for den som står bak. Vidare har Russland vist ei evne til å bruke heile verkemiddelapparatet til staten for å oppnå politiske mål, gjennom såkalla samansett verkemiddelbruk. Fleire forhold kan påverke viljen Russland har til å utnytte slike verkemiddel, t.d. vestlege sanksjonar.

Kriminalitet er ein trussel mot tryggleiken i samfunnet. Truslar og hatefulle ytringar er venta å auke i omfang. Dette kan verke negativt på ytringsfridommen og verke radikaliserande på enkeltindivid. Kriminaliteten blir meir organisert, med auka samarbeid på tvers av landegrenser, grupperingar og kriminalitetsområde og auka bruk av teknologi. Kriminelle nettverk har etablert seg i næringslivet og får i ein del tilfelle bistand av etablerte tilsette og yrkesgrupper. Det er venta ein auke i valdsutøving utført av personar med alvorleg psykisk sjukdom. Grensa mot politisk motivasjon kan i slike tilfelle vere uklar. Private og offentlege verksemder blir utsette for løysepengevirus og datainnbrot. Verksemder med samfunnskritiske funksjonar kan bli utsette for datatjuveri eller datamanipulasjon.

Trusselbiletet omfattar og kriminalitet som truar indre og ytre Schengen-grenser og tryggleiken på territoriet. Dette omfattar bl.a. ID-misbruk og grenserelatert kriminalitet som smugling av varer og migrantar, i tillegg til irregulære grensepasseringar og ulovleg opphald.

Beredskapen

Alle sektorane i samfunnet har ansvar for førebyggjande tryggingstiltak i eigen sektor, for at dei skal bli mindre sårbare. PST, politiet, Etterretningstenesta og Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) bidrar til auka kunnskap i samfunnet om kva truslar og kva risiko vi står overfor.

Justis- og beredskapsdepartementet har ei samordnings- og pådrivarrolla i tryggleiksarbeidet. Tryggleiksarbeidet til Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) med digital tryggleik i og utanfor tryggingslova skal utviklast vidare. Særleg sentralt er utvikling av Nasjonalt cybertryggingssenter (NCSC) som ein del av NSM. Senteret skal bidra til betre situasjonsforståing, betre avgjerdsgrunnlag og betre utnytting av ressursar.

Politiet er ein sentral beredskapsaktør på sivil side i Noreg og har ansvar for å sikre tryggleiken både til den enkelte innbyggjaren og til samfunnet i heilskap.

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) med Sivilforsvaret er staten sin forsterkningsressurs og gir støtte til nød- og beredskapsetatane i heile krisespekteret.

Norsk redningsteneste er organisert som eit samvirke mellom ei rekkje offentlege, frivillige og private aktørar. Den frivillige innsatsen er svært viktig for målet til regjeringa om å sørge for god beredskap for samfunnet. Ny fagskule for utdanning av brann- og redningspersonell er under etablering ved Noregs brannskule i Tjeldsund kommune. Den nye fagskulen skal etter planen starte opp i 2024.

Nødnett er det landsdekkande nettet for nød- og beredskapskommunikasjon i Noreg. Nettet gir nød- og beredskapsaktørar høve til å kommunisere avlyttingssikra og effektivt i grupper.

I desember 2013 vart det signert ein kontrakt med AgustaWestland (no Leonardo SPA) om levering av 16 nye redningshelikopter, SAR Queen. Dei første helikoptera vart sette i drift 1. september 2020. Per 1. juli 2022 var det til saman ni maskiner i operativ teneste ved tre baser i Noreg. Alle dei nye redningshelikoptera skal etter planen vere i drift i løpet av 2023.

For å styrke redningsberedskapen i Nord-Noreg vart det etablert ein ny redningshelikopterbase i Tromsø med grunnlag i å leige inn sivile helikopter frå 1. juli i 2022. Den same operatøren overtok ansvaret for drifta av helikoptertenesta for Sysselmeisteren på Svalbard frå 1. april 2022.

EU si ordning for sivil beredskap vart etablert som EU-program i 2001, og Noreg har delteke sidan ordninga vart oppretta. Noreg samarbeider i tillegg gjennom EØS-midlane med Romania og Polen om styrkt førebygging og beredskap. Vi viser til omtalen av EØS-midlane i Prop. 1 S (2021–2022) for Utanriksdepartementet.

Koronakommisjonen leverte den første rapporten sin, NOU 2021: 6 Myndighetenes håndtering av koronapandemien, 14. april 2021 og den andre rapporten sin, NOU 2022: 5 Myndighetenes håndtering av koronapandemien – del 2, 26. april 2022. Regjeringa sette ned eit nytt uavhengig utval som skal evaluere styresmaktene si handtering av covid-19-pandemien samla sett, og i tillegg evaluere omikronhandteringa i perioden frå 1. november 2021 til tentativt 1. mai 2022. Utvalet skal etter planen gi rapport i løpet av 2023.

1.6.3 Tiltak

Innbyggjarundersøkinga til politiet viser at innbyggjarane i små kommunar føler seg mindre trygge i eige nærmiljø enn innbyggjarane i mellomstore og store kommunar. På ein del mindre stader er det òg lang reisetid eller avgrensa opningstid eller tenestetilbod på den nærmaste politistasjonen. Politiet må vere tilgjengeleg for befolkninga for å skape tryggleik. Samarbeid om førebygging og beredskap med kommunen og andre lokale aktørar krev at politiet er til stades og kjenner samfunnet og dei andre aktørane godt. For å oppnå auka lokal beredskap vil regjeringa betre dei lokale polititenestene, gi meir tilgjengeleg politi for folk i hele landet og opprette nye tenestestader. Polititenestene skal betrast bl.a. gjennom lokalt tilpassa tiltak som kan setjast inn i samarbeid mellom kommune og politidistrikt. Dei 100 nye studieplassane ved Politihøgskolen som vart oppretta i samband med revidert nasjonalbudsjett 2022, skal vidareførast i 2023. Påtalemakta i politiet skal òg styrkast. Det skal setjast av 113 mill. kroner av løyvinga til politiet til desse tiltaka i 2023. Tiltaka skal finansierast ved å flytte ressursar frå bl.a. Politidirektoratet, sentral administrasjon og konsulenttenester. Regjeringa vil ha mindre byråkrati og meir politikraft for pengane, og vil halde fram med denne prioriteringa i 2023 og framover.

Regjeringa styrkte beredskapen i Noreg gjennom tiltak i Prop. 78 S (2021–2022), jf. Innst. 270 S (2021–2022). Her vart det gitt løyving til tiltak for auka digital tryggleik, både innan førebygging, avdekking og handtering. Tiltaka er bl.a. ei styrking av Nasjonalt tryggingsorgan (NSM), forbetring av kommunikasjons- og samhandlingsløysingar for den nasjonale krisehandteringa, auking av kompetansen til å oppdage og handtere uønskte hendingar både i kommunane og privat sektor, utvikling og sikring av datasystem i PST, og auka kapasitet til tryggleiksklareringar i Sivil klareringsmyndigheit (SKM). I tillegg vart budsjetta til politiet og PST styrkt for å auke kapasiteten til å avdekke samansette truslar og ulovleg etterretning. Regjeringa styrkte i Prop. 78 S (2021–2022) òg den sivile beredskapen i Noreg gjennom auka løyving til å sikre den operative evna til Sivilforsvaret og gjennom å etablere ei moderne befolkningsvarsling basert på Cell Broadcast-teknologien. Vidare fekk dei frivillige organisasjonane i redningstenesta dekt driftsutgiftene til fleire nye Nødnett-terminalar.

Det går for seg fleire prosessar mellom aktørar i justissektoren og helsesektoren for å betre handtere utfordringane med alvorleg psykisk sjuke personar som utgjer ein valdsrisiko.

Regjeringa ser alvorleg på dei konsekvensane som radikalisering og ekstremisme kan få for liv, helse og tryggleik. Det er behov for meir kunnskap om ekstremisme og tiltak som førebyggjer og motverker radikalisering og ekstremisme. Regjeringa har derfor oppnemnd ein ekstremismekommisjon. Kommisjonen skal levere si utgreiing innan utgangen av 2023 til Arbeids- og inkluderingsdepartementet.

Regjeringa legg hausten 2022 fram ein revisjon av den nasjonale kontraterrorstrategien, som peikar ut retning for regjeringa sitt samla arbeid med å førebyggje og motverke terror.

Den første handlingsplanen for å førebyggje radikalisering og valdeleg ekstremisme vart lagd fram i 2010. Ein ny versjon vart lagd fram i 2014. Denne vart revidert i 2020 med nye og justerte tiltak og er under oppfølging. Handlingsplanen inneheld bl.a. tiltak for styrking av førstelinja sitt arbeid på feltet.

Hovudredningssentralen (HRS) opplever press i nord med eit utvida ansvarsområde for søk og redning, i kombinasjon med minkande sjøis, aukande sivil og militær maritim trafikk og stadig meir cruisetrafikk der sesongen startar tidlegare og sluttar seinare. Regjeringa foreslår å auke grunnbemanninga ved Hovudredningssentralen på Sola og i Bodø og å auke løyvinga med 14 mill. kroner i 2023. Ei styrking av grunnbemanninga vil dekke behovet for å handtere det auka talet på hendingar, møte risiko knytt til klimaendringar, auka trafikk i nordområda og vil redusere risikoen for at kapasiteten til HRS ikkje blir overbelasta som følgje av fleire samstundes redningsaksjonar, eller ei stor og kompleks hending som ikkje lar seg handtere med dagens tal på redningsleiarar på vakt. Styrkinga vil òg betre samvirket i den norske redningstenesta, både med å sikre at utviklinga blir forankra i dei faktiske behova til aktørane i redningstenesta og ved betre erfaringsdeling frå hendingar og øvingar.

Eit sentralt tiltak i arbeidet mot terror, ulovleg migrasjon og alvorleg grensekryssande kriminalitet er kontroll på kven som reiser inn over Schengen-yttergrensa til Noreg, og kven som er i landet. Schengen-landa er i gang med og skal i dei kommande åra halde fram med å utvikle og ta i bruk nye IT-system for å styrke handteringa av den felles yttergrensa og tryggleiken på Schengen-området. Siktemålet er meir målretta førebygging, avdekking og etterforsking av grensekryssande kriminalitet og terrorisme, betre grensekontroll og eit tettare grense-, utlendings- og politisamarbeid med utlandet. Tiltaka skal samla sett gi tilgang til viktige opplysningar, større moglegheit til å avdekke uriktig identitet og sikrare behandling av visums- og opphaldssaker. Regjeringa foreslår å auke løyvinga til politiet med 288,2 mill. kroner for utvikling av Schengen-IKT-systema VIS (felles europeisk visumsystem), Eurodac (biometriregister av asylsøkarar) og Interoperabilitet (felles søkeverktøy på tvers av systema) i politiet i 2023. Det går òg for seg tilpassingar til systema i UDI.

Telenor har starta arbeid med å avvikle sitt eige koparnett. Det har innverknad på Nødnett, då Nødnett i stor grad bruker koparkabel frå Telenor for å sende talesignal mellom basestasjonane. For å halde tenestene ved lag må Nødnett gå over på ny teknologi (IP-teknologi). Omlegginga inneber at komponentar i Nødnett må endrast eller skiftast ut. Det er eit omfattande arbeid som fører med seg større kostnader.

Staten har kontrakt om drift av dagens Nødnett til og med 2026. Nødnett kan teknisk sett vidareførast utover 2026 i ytterlegare fem år. Det er utført ei konseptvalutgreiing om korleis ei framtidig løysing i kommersielle mobilnett kan og bør setjast ut i livet, og om overgangen frå dagens Nødnett. Utgreiinga har vore til ekstern kvalitetssikring, og det er behov for ytterlegare utgreiingar før regjeringa tek stilling til val av konsept.

Alle dei nye redningshelikoptera skal etter planen vere i drift i løpet av 2023.

Regjeringa sette ned ein totalberedskapskommisjon den 21. januar 2022 for å sjå på korleis dei samla beredskapsressursane kan nyttast best mogleg. Kommisjonen skal levere vurderingane sine i form av ein NOU i 2023. Regjeringa har og sett i gang eit arbeid med ein heilskapleg gjennomgang av brann- og redningsområdet. Ein tek sikte på å leggje fram ei stortingsmelding om dette i 2023.

1.7 Låg kriminalitet

Låg kriminalitet betyr at det i Noreg i liten grad førekjem kriminelle handlingar, og at det førekjem få alvorlege lovbrot. Ein viktig føresetnad for låg kriminalitet er at lovbrot ikkje blir gjentekne.

1.7.1 Innleiing

Verksemder som er viktige for å ha låg kriminalitet, er politiet, domstolane, Den høgare påtalemakta, Spesialeininga for politisaker, kriminalomsorga og konfliktrådet. Låg kriminalitet krev samstundes innsats frå fleire aktørar i samfunnet. Det inneber verksemder som arbeider med eller har ansvar for tidleg førebygging av kriminalitet, som utdanningssektoren, barnevernet, helsesektoren, frivillige organisasjonar m.m.

1.7.2 Tilstandsvurdering

Omfang av kriminalitet

Kriminaliteten i Noreg er i internasjonal samanheng låg, og det har vore ein trend mot mindre kriminalitet i Noreg dei siste tiåra. Trenden gjeld både for opplevd og meld kriminalitet. Ein stor drivkraft for denne utviklinga har vore ein reduksjon i ungdomskriminalitet, irekna eigedomstjuveri og vinning. Omfanget av vald har halde seg relativt stabilt sidan 1980-talet. Kriminaliteten er likevel for høg og/eller alvorleg på enkelte område.

Nasjonal tryggleiksundersøking kartlegg befolkninga sin oppfatning av omfang av lovbrot retta mot privatpersonar. Nesten ein av tre av respondentane svarer at dei var utsette for minst eitt lovbrot eller ei lovbrotsliknande handling i 2020, noko som er langt høgare enn mengda kriminalitet som blir meld til politiet.2 Unge personar blir i langt større grad utsette for, melde og sikta for lovbrot enn eldre. Aldersfordelinga er spesielt skeiv for vald og seksuelle overgrep. Kvinner er utsette for seksuell vald i langt større grad enn menn, og dette gjeld spesielt for unge. Blant dei yngste kvinnene i utvalet (16–19 år) var det 15 pst. som oppgav at dei hadde vore utsette for digital seksuell vald, 9 pst. oppgav at nokon hadde teke på dei utan samtykke, og 6 pst. oppgav at dei hadde blitt valdtekne i løpet av 2020. Fysiske vinningslovbrot er framleis meir utbreidde enn digitale vinningslovbrot.

Figur 1.4 Del av befolkninga (16–84 år) som seier å ha vore utsette for ulike lovbrotstypar

Figur 1.4 Del av befolkninga (16–84 år) som seier å ha vore utsette for ulike lovbrotstypar

Nasjonal tryggleiksundersøking 2020

Respondentar som bur i kommunar med få innbyggjarar, er mindre utsette for kriminalitet og mindre bekymra for å bli utsette for lovbrot enn dei som bur i større kommunar. Samstundes føler dei seg mindre trygge enn på større stader.

Barn og unge blir utsette for alvorleg kriminalitet, spesielt seksuallovbrot, som blir gjennomførte ved hjelp av internett. Basert på Nasjonal tryggleiksundersøking og materiale som blir avdekt av internettselskapa, og som er teke imot av norsk politi gjennom National Center for Missing & Exploited Children (NCMEC), er det grunn til å anta at det gjeld eit omfattande tal barn og unge i Noreg. Den digitale utviklinga gjer at politiet i aukande grad blir kjend med eller får informasjon om seksuallovbrot på nett. Bevismateriale ligg òg i aukande grad på digitale lagringsmiddel. Dette utfordrar kapasiteten til politiet og påtalemakta.

Ei rekkje norske offentlege og private verksemder har blitt utsette for datainnbrot det siste året. Næringslivets Sikkerhetsråd (NSR) sin toårlege kriminalitets- og tryggleiksundersøking (KRISINO) for 2021 viser at 9 pst. av dei 2 500 verksemdene som inngår i undersøkinga, har blitt utsette for løysepengevirus og direktørsvindel.

I trusselvurderinga til politiet frå 2022 blir bl.a. økonomisk kriminalitet og miljøkriminalitet framheva som utfordringar. Korleis aktørane bruker IKT og organisering, inkludert internasjonale forgreiningar, kan gjere etterforsking og oppklaring av denne kriminaliteten meir utfordrande enn tidlegare.

Kostnader ved kriminalitet

Samfunnsøkonomisk analyse AS gjennomførte i 2022 ein analyse av kva kriminaliteten kostar. I den er kostnadene ved kriminalitet i Noreg i 2019 rekna til ca. 144 mrd. kroner, pluss ikkje prissette verknader som frykt og uro. Lovbrot som inneber store helse- og produksjonstap for offera, står for ein stor del av dei totale samfunnsøkonomiske kostnadene. Dette inneber spesielt vald, mishandling og seksuelle overgrep. Slike lovbrotstypar gir store økonomiske kostnader for offera, som tapt arbeidsinntekt på kortare og lengre sikt, og for samfunnet, som behandlingskostnader for fysisk og psykisk helsehjelp. Dette er òg lovbrotstypar som gir store personlege kostnader som ikkje kan målast i kroner og øre. Det er ikkje grunnlag for å seie noko om endringar over tid i dei samla samfunnsøkonomiske kostnadene.

I den same analysen blir det anslått at den skjulte norske skuggeøkonomien svarte til 3 pst. av fastlands-BNP. Dvs. at han har ein samla verdi på om lag 80 mrd. 2019-kroner, som igjen inneber tapte skatteinntekter på 32 mrd. kroner.

Sjølv om omfanget av tjuveri og vinningslovbrot er stort samanlikna med andre lovbrotsgrupper, er dei økonomiske tapa for privatpersonar som er utsette, relativt avgrensa. Dette gjeld både fysiske lovbrot og vinningskriminalitet i det digitale rommet.

Redusert tilbakefall etter gjennomført straff

For at kriminaliteten skal bli lågare, er det viktig at domfelte går til utdanning og arbeid etter gjennomført straff og ikkje fell tilbake til ny kriminalitet.

Samanlikna med mange andre land har Noreg låge tal på tilbakefall. Talet på sikta personar med tilbakefall til ny kriminalitet i løpet av fem år har falle svakt sidan starten av 2010-talet. Av dei som blir sikta for nye lovbrot, er det særleg stort tilbakefall til rusmiddellovbrot, trafikklovbrot og vald og mishandling.

Figur 1.5 Delen sikta personar (15 år og eldre) med ny sikting i løpet av fem år, i tillegg til delen som er utanfor arbeid og utdanning fem år etter sikting

Figur 1.5 Delen sikta personar (15 år og eldre) med ny sikting i løpet av fem år, i tillegg til delen som er utanfor arbeid og utdanning fem år etter sikting

SSB 2021

Ein betydeleg del av dei sikta står utanfor arbeid og utdanning fem år etter sikting. Nivået har vore relativt stabilt på ca. 40 pst., men med eit noko høgare nivå i 2020, som kan henge saman med covid-19-pandemien. Ein føresetnad for å lukkast med tilbakeføring til eit kriminalitetsfritt liv er kontinuitet og god samordning mellom kriminalomsorga og dei ulike velferdstenestene, spesielt kommunane.

Ein stadig større del gjennomfører straff i samfunnet. Dette gir auka moglegheiter til å oppretthalde utdannings- og arbeidsforhold. Men også fengselsstraff slik ho blir gjennomført i Noreg, verkar rehabiliterande for ei stor gruppe innsette.3 Samstundes har det blitt ei meir krevjande gruppe innsette i fengsel, noko som kan gjere det vanskelegare å redusere tilbakefallet etter fengselsdom i framtida. Ein større del av dei innsette er dømde for alvorlege lovbrot og sit fengsla lenger enn tidlegare. Det har òg vore ein auke i talet som gjennomfører forvaringsdom utan tidsbestemt lengd på straffa.

1.7.3 Tiltak

Regjeringa foreslår å setje av 113 mill. kroner av politibudsjettet i 2023 til betre lokale polititenester og beredskap og meir tilgjengeleg politi for folk i heile landet, nye tenestestader, styrking av påtalemakta i politiet sitt arbeid og til å vidareføre det auka opptaket til Politihøgskolen i 2022. Sjå nærmare omtale under punkt 1.6 Tryggleik i samfunnet. Justis- og beredskapsdepartementet har bede Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) om å evaluere nærpolitireforma og å gå gjennom Politidirektoratet (POD). Regjeringa vil bruke desse rapportane i si vurdering av om organiseringa og styringa av norsk politi bør endrast.

Vald og overgrep er alvorleg kriminalitet og eit samfunns- og folkehelseproblem. NOU 2020: 17 Varslede drap? — Partnerdrapsutvalgets utredning og NOU 2017: 12 Svikt og svik — Gjennomgang av saker hvor barn har vært utsatt for vold, seksuelle overgrep og omsorgssvikt (barnevaldsutvalet) har avdekt manglar i tenestene si handtering av saker om vald og overgrep. Utvala foreslår fleire tiltak for å realisere potensialet politi og hjelpeapparat har for betre førebygging og vern. Regjeringa arbeider med ein opptrappingsplan mot vald og overgrep mot barn og vald i nære relasjonar, som òg inneber ei styrking av politiet sin innsats mot vald i nære relasjonar. Innanfor budsjettramma skal politiet prioritere vald i nære relasjonar og seksuelle overgrep, samt organisert, digital og annan alvorleg kriminalitet, irekna gjengkriminalitet.

Nettilbydarar får plikt til å lagre IP-adresser frå 1. januar 2023, noko som vil gi politiet betre tilgang til informasjon i kampen mot alvorleg kriminalitet. Regjeringa vil greie ut om det skal innførast ei plikt til å avdekke, rapportere og fjerne materiale som inneheld seksuelt misbruk av barn, og innhald som har «grooming» av barn til formål.

Sidan starten av 2000-talet har det vore ein nedgang i talet på etterforska lovbrot som gjeld økonomisk kriminalitet. Samstundes har delen saker som blir lagde bort, auka til i overkant av 40 pst. Økokrim melder om ein betydeleg auke i talet rapporter om mistenkjelege transaksjonar frå rapporteringspliktige etter kvitvaskingslova dei siste åra. Styresmaktene har samstundes fått kritikk frå privat sektor som følgje av eit misforhold mellom denne sektoren sin bruk av ressursar på antikvitvaskingsarbeid og styresmaktene si oppfølging av rapportar om mistenkjelege transaksjonar. Antikvitvaskingspakka som er under forhandling i EU, vil dessutan få betydelege konsekvensar for justissektoren, i tillegg til finanssektoren. For å møte denne utviklinga, arbeider regjeringa med ei stortingsmelding om økonomisk kriminalitet.

Regjeringa har bestemt at ung.no skal vere staten sin primære tverrsektorielle kanal for digital informasjon, dialog og tenester til barn og unge på tvers av tenestenivå, gjennom realisering av DigiUng-programmet. Justis- og beredskapsdepartementet vil i samarbeid med Helse- og omsorgsdepartementet, Barne- og familiedepartementet, Kunnskapsdepartementet, Kulturdepartementet, Arbeids- og inkluderingsdepartementet og Kommunal- og distriktsdepartementet utarbeide felles styringssignal til relevante verksemder om deltaking i DigiUng. For Justis- og beredskapsdepartementet gjeld dette politiet, kriminalomsorga og konfliktrådet. Det vert óg vist til omtale i Barne- og familiedepartementets budsjettproposisjon, Programkategori 11.10 Familie- og oppvekst og Helse- og omsorgsdepartementets budsjettproposisjon, kap. 762 Primærhelsetjeneste, post 21 Spesielle driftsutgifter.

1.8 Kontrollert og berekraftig innvandring

Innvandringa til Noreg blir regulert i samsvar med internasjonale forpliktingar og i tråd med samfunnsbehovet. Det blir lagt til rette for lovlege rørsler over landegrensene, medrekna ønskt arbeidsinnvandring. Noreg varetek rettstryggleiken til utlendingar og den enkelte sitt behov for vern, samstundes som tryggleiken i landet blir bevart.

1.8.1 Innleiing

Justis- og beredskapsdepartementet har det overordna ansvaret for å utforme og samordne innvandringspolitikken. Utlendingslova, den europeiske menneskerettskonvensjonen, flyktningkonvensjonen og ei rekkje internasjonale forpliktingar i samband med EØS-avtalen, Schengen- og Dublin-samarbeidet og FN er det sentrale juridiske rammeverket som regulerer innvandringa til Noreg.

Dei operative oppgåvene blir utførte i Utlendingsdirektoratet (UDI), Utlendingsnemnda (UNE), Utlendingsforvaltningas fageining for landinformasjon (Landinfo), Politidirektoratet (POD) og dei underliggjande einingane deira, og Politiets tryggingsteneste (PST).

Andre departement med særleg ansvar innan utlendingsforvaltninga er Arbeids- og inkluderingsdepartementet (arbeidsinnvandring, all innvandring frå EØS-land, busetjing, statsborgarskap og samordning av integreringspolitikken), Barne- og familiedepartementet (omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkarar under 15 år) og Utanriksdepartementet (samarbeid med opphavsland om migrasjon og retur, spesialutsendingar for utlendingsfeltet og utanriksstasjonar som førstelinje for søknader om visum og opphald).

1.8.2 Tilstandsvurdering

Innvandringa til Noreg

Tal frå SSB viser at om lag 38 600 personar innvandra til Noreg i 2021.4 Nesten 60 pst. av desse kom frå Europa5, om lag 45 pst. var arbeidsinnvandrarar, og om lag 30 pst. var familieinnvandrarar. Som det går fram av figuren under, har talet på innvandrarar dei siste åra gått ned, og særleg har talet på innvandrarar som kjem pga. flukt, blitt lågare fram til og med 2021.

I 2022 har fleire millionar ukrainarar blitt fordrivne frå heimlandet. Dette er den største flyktningstraumen i Europa sidan 2. verdskrigen. Per 12. september har Noreg teke imot 26 800 asylsøknader frå ukrainarar, og 24 200 personar har fått innvilga løyve om mellombels kollektivt vern.

Covid-19-pandemien hadde store konsekvensar for innvandringa til Noreg, særleg i 2020. Innreiserestriksjonar og grensekontroll på fleire grenser i Europa gjorde det vanskelegare for utlendingar å reise til Noreg.

Figur 1.6 Innvandringar til Noreg etter innvandringsgrunn og år

Figur 1.6 Innvandringar til Noreg etter innvandringsgrunn og år

SSB

Regjeringa vil leggje til rette for at fleire arbeidsinnvandrarar med ettertrakta kompetanse vel å ta arbeid i Noreg. Sjå meir om arbeidsmarknadspolitikken til regjeringa i Prop. 1 S (2022–2023) for Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Arbeidsinnvandrarar har dei siste åra utgjort over 40 pst. av det totale talet på innvandrarar til Noreg.

Særskilt om saker om vern (asyl)

Retten til å søke asyl og vern frå forfølging er ein grunnleggjande menneskerett. Noreg skal vise solidaritet med og ta vår del av ansvaret for menneske på flukt. Alle som kjem til grensa til Noreg og viser til at dei er forfølgde etter flyktningkonvensjonen, eller som ikkje kan vende tilbake til heimlandet fordi dei der vil risikere dødsstraff, tortur eller umenneskeleg eller fornedrande behandling eller straff, har rett til å få behandla søknaden om vern. Dei som fyller vilkåra for vern, har rett til opphald. Ifølgje FN sin høgkommissær for flyktningar (UNHCR) var det over 25 mill. flyktningar ved utgangen av 2021. I tillegg var det over 61 mill. menneske på flukt i eige land. Særleg pga. krigen i Ukraina, men og andre rørsler i verda, har begge kategoriane auka med fleire millionar i 2022, slik at talet på tvangsfordrivne no har passert 100 millionar. Noreg samarbeider med UNHCR og enkelte andre organisasjonar om overføring av flyktningar til Noreg frå aktuelle vertsland. Formålet er å gi vern til flyktningar og å avlaste vertsland. Det blir fastsett ein årleg kvote for uttak av overføringsflyktningar og annan type byrdedeling. Regjeringa vil elles at Noreg skal vere ein pådrivar for at rettane til barn på flukt blir varetekne, og at saker som omfattar barn skal prioriterast høgt.

Figuren under viser utviklinga i talet på søknader om vern, innkomstar av overføringsflyktningar og av relokaliserte asylsøkarar (styresmaktstyrt overføring av asylsøkarar til Noreg frå andre land) sidan 2015.

Figur 1.7 Tal asylsøkarar, innkomstar overføringsflyktningar og mottak av relokaliserte asylsøkarar 2015–juni 2022

Figur 1.7 Tal asylsøkarar, innkomstar overføringsflyktningar og mottak av relokaliserte asylsøkarar 2015–juni 2022

Talet på ordinære asylsøkarar for 2017 er korrigert i figuren samanlikna med tilsvarande figur i Prop. 1 S (2021–2022) og (2020–2021), der relokaliserte asylsøkarar dette året òg var med i talet på ordinære asylsøkarar.

UDI

Frå 2016 til 2021 har talet på asylsøkarar til Noreg vore lågt, særleg samanlikna med 2015, men også åra før det. Talet på asylsøkarar i 2020 og 2021 var særleg lågt pga. covid-19-pandemien. Sidan 2018 har over 70 pst. av søkarane årleg fått vern, og i 2021 fekk 87 pst. av asylsøkarane vern. Det tilsvarande talet for EU samla i 2021 var rundt 40 pst.

I 2022 har talet på asylsøkarar til Noreg auka vesentleg. Hovudårsaka er krigen i Ukraina som har ført til at millionar av menneske har blitt fordrivne frå heimlandet. Det har òg vore ein auke i talet på asylsøkarar frå andre land. Per 12. september har vi teke imot 29 400 asylsøknader, av desse er 26 800 frå ukrainarar. 11. mars 2022 innførte regjeringa ei ordning med mellombels kollektivt vern for personar fordrivne frå Ukraina. Per 12. september har 24 200 personar fått innvilga løyve om mellombels kollektivt vern, av desse er 24 000 ukrainarar.

For 2023 er det lagt til grunn ein prognose på 14 000 asylsøkarar, der 10 000 av disse er fordrivne frå Ukraina. Det er alltid stor uvisse om talet på asylsøkarar, og situasjonen for Noreg kan endre seg raskt, slik krigen i Ukraina har vist i 2022. Prop. 1 S (2022–2023) bygger på siste prognosar frå Beregningsgruppen for utlendingsforvaltningen (BGU) frå juni. Dette er i tråd med etablert praksis. Ifølgje desse prognosane, kan vi forvente 32 000 fordrivne frå Ukraina til Noreg i løpet av 2022, og ytterlegare 10 000 i 2023. Det er ein rekke budsjettpostar under fleire departement som blir påverka av desse prognosane. Det er uvanleg stor usikkerheit knytt til innkomstane. Vi veit ikkje korleis krigen og migrasjonsstraumane kjem til å utvikle seg, og på kva tidspunkt ein eventuell retur til eit trygt Ukraina vil vere mogleg. I vekene etter sommaren har innkomsten av fordrivne frå Ukraina vore høgare enn lagt til grunn i prognosane.

I 2021 vart alle dei 3 000 plassane på kvoten for overføringsflyktningar og anna byrdedeling nytta, i tillegg til 608 plassar som vart overførte frå 2020 pga. forseinkingar knytte til covid-19-pandemien. Om lag 900 plassar av kvoten vart nytta til afghanske borgarar som vart evakuert i samband med Taliban si maktovertaking i Afghanistan. Medrekna på kvoten er òg totalt 51 asylsøkarar som vart relokaliserte frå Hellas til Noreg det første halvåret i 2021.

Regjeringa støttar det pågåande arbeidet i EU med ei reform av ulike rettsakter som bl.a. har som formål å førebyggje ukontrollerte sekundærrørsler og sikre jamnare fordeling av asylsøkarar i Europa. EU-landa diskuterer endringar i både Dublin-samarbeidet og andre typar asylsamarbeid. Regjeringa vurderer det slik at det i utgangspunktet er i norsk interesse at EU-landa blir samde om ein permanent og bindande fordelingsmekanisme.

Regjeringa foreslår å byggje opp ein solidaritetspott i utviklingsbudsjettet for å betre forholda for menneske på flukt og lokalsamfunna som tek imot flyktningar og fordrivne. Regjeringa vil i tillegg halde fram med å hjelpe europeiske land som er utsette for eit særleg migrasjonspress. Noreg støttar europeiske land, bl.a. ved å sende ut ekspertar gjennom asylbyrået EUAA og grense- og kystvaktbyrået Frontex. I tillegg bidrar Noreg gjennom EØS-midlane til å styrke asyl- og migrasjonsforvaltninga i land som Hellas, Romania og Bulgaria. Vi viser til omtalen av solidaritetspotten og EØS-midlane i Prop. 1 S (2022–2023) for Utanriksdepartementet.

Lovleg opphald

Å kjenne identiteten til personar som oppheld seg i Noreg, er viktig for å gjere riktige vedtak i utlendingssaker. At utlendingsstyresmaktene i størst mogleg grad registrerer rett identitet på personar, gir større tryggleik også for anna offentleg forvaltning, og det er ein føresetnad for å nå målet om kontrollert innvandring. Fastsetjing av korrekt identitet er saman med korrekt behandling av saker utan ugrunna opphald føresetnader for å vareta rettstryggleiken for dei som søker om vern og anna opphald i Noreg.

Bruk av falske dokument for å få opphald i Noreg er ikkje uvanleg. For mange søkarar er det vanskeleg å skaffe papir som i tilstrekkeleg grad kan dokumentere identitet og familierelasjon. Frå april 2021 vart det teke foto og fingeravtrykk av alle som søker om opphald. Dei biometriske dataa blir lagra i utlendingsregisteret. Dette betrar identitetskontrollen og gjer det vanskelegare å ha fleire identitetar i Noreg.

Talet på ubehandla saker i UDI har auka i 2020, 2021 og hittil i 2022 for dei fleste sakstypar. Per 30. juni var det nesten 72 000 ubehandla saker i UDI, noko som er historisk høgt og fører til lengre saksbehandlingstid i dei fleste sakstypar. Pandemien førte i 2020 og 2021 både til meirarbeid og utfordringar med saksbehandlinga, talet på søknader om statsborgarskap auka vesentleg etter avviklinga av prinsippet om eitt statsborgarskap frå 2020 og det høge talet på asylsøkarar frå Ukraina i 2022 har ført til meirarbeid. Regjeringa vil at søkarane raskt skal få avklart om dei har krav på opphald eller ikkje, slik at dei kan tilpasse seg deretter. Føresegna om mellombels kollektivt vern og automatisert behandling har gjort at fordrivne frå Ukraina i 2022 raskt har fått behandla søknaden sin om vern. UDI jobbar vidare med automatiseringsløysingar, forbetringar i arbeidsprosessane og endringar i organiseringa for å effektivisere saksbehandlinga.

Personar som ikkje har løyve til å opphalde seg i Noreg, eller som har fått endeleg avslag på ein søknad om opphald, oppheld seg i landet ulovleg. Desse har ei plikt til å forlate landet og får normalt ein frist på tre veker til å reise ut. Dei kan anten organisere reisa sjølv eller søke om assistert retur med hjelp frå norske styresmakter. Dersom dei ikkje returnerer innan fristen, kan politiet transportere dei ut (tvangsretur). Regjeringa meiner at eit effektivt returarbeid bidrar til å oppretthalde tilliten til asylordninga.

Ifølgje tal frå Politiets utlendingseining var det i starten av mars 2022 registrert om lag 1 800 personar utan lovleg opphald i Noreg. Om lag 90 pst. av desse er personar som har fått avslag på søknad om vern der utreisefristen har gått ut. Nokre bur i asylmottak, rundt 500 personar, andre oppheld seg andre stader. Dette talet er ikkje uttømmande for kor mange personar som oppheld seg ulovleg i Noreg. Fleire av personane som er registrerte med ulovleg opphald, kan ha forlate landet.

Talet på returar har blitt gradvis redusert dei siste åra, jf. figuren under. Returar til ei rekkje land vart mellombels stansa i 2020 og 2021 pga. covid-19-pandemien.

Figur 1.8 Tal assisterte returar og tvangsreturar 2015–juni 2022

Figur 1.8 Tal assisterte returar og tvangsreturar 2015–juni 2022

I tillegg bortviste politiet i 2021 17 013 personar med heimel i innreiserestriksjonslova knytt til covid-19-pandemien.

PU og UDI

Færre returar dei siste åra heng saman med nedgangen i talet på asylsøkarar til Noreg frå 2016 til 2021. Samla har målgruppa for retur i denne perioden blitt mindre, men òg meir utfordrande. Ein stor del av utreisepliktige har no opphalde seg i landet over lang tid, har familie med opphald i Noreg eller særskilde behov som gjer returarbeidet vanskelegare. Fleire har òg uavklart identitet og statsborgarskap. Vidare er nokre land meir krevjande å returnere personar til enn andre. Det er stor uvisse om korleis krigen i Ukraina og den høge innkomsten av asylsøkarar i 2022 vil påverke returarbeidet i åra framover.

For å sikre at utreiseplikta blir overhalden, er det viktig med eit heilskapleg returarbeid mellom involverte instansar i forvaltninga, effektiv gjennomføring av retur og samarbeid med transitt- og opphavsland. Regjeringa vidarefører arbeidet med å betre samarbeidet om retur og migrasjon med sentrale transitt- og opphavsland.

1.8.3 Tiltak

Det er svært uvisst korleis situasjonen i Ukraina vil utvikle seg framover. Regjeringa vil med løyvingsforslaget sitt leggje til rette for å handtere fordrivne frå Ukraina, både dei som har komme i 2022, og dei som ut frå prognosen som ligg til grunn for budsjettet er forventa å komme 2023. For å ha beredskap til å kunne handtere ein situasjon med høgare innkomstar enn dei siste prognosane frå BGU tilseier, foreslår regjeringa å auke løyvingane til administrativ kapasitet i politiet, UDI og IMDi med til saman 359,5 mill. kroner. I tillegg foreslår regjeringa å vidareføre auka ramme for overskridingsfullmakt til innkvartering av asylsøkarar, jf. Prop. 78 S og Innst. 270 S (2021–2022). Styrkinga skal gi etatane tilstrekkeleg med ressursar til arbeidet med registrering, mottak og busetjing, også om innkomstane blir høgare enn 10 000. Ein fullstendig gjennomgang av budsjettkonsekvensane av innkomstar frå Ukraina, medrekna justering av andre budsjettpostar som blir påverka, vil på vanleg måte bli gjort i samband med revidert nasjonalbudsjett, eller tidlegare om situasjonen krev det. Sjå nærmare omtale under programkategori 06.90. Sjå òg Prop. 1 S (2022–2023) for Arbeids- og inkluderingsdepartementet for nærmare omtale av handteringa av fordrivne frå Ukraina.

Regjeringa meiner at talet på overføringsflyktningar må sjåast i samanheng med talet på asylsøkarar. Krigen i Ukraina har medført ein stor auke i talet på asylsøkarar i 2022, i tillegg til at Noreg bidrar til å overføre personar på flukt frå nærområda til Ukraina. Derfor foreslår regjeringa å redusere kvoten for overføringsflyktningar frå 3 000 plassar i 2022 til 2 000 plassar i 2023. Plassane på kvoten kan nyttast til å ta imot overføringsflyktningar eller annan type byrdedeling. Regjeringa vil prioritere sårbare grupper som kvinner og barn, i tillegg til LHBTI-personar, blant kvoteflyktningar som blir fremma av UNHCR. Regjeringa meiner at den årlege kvoten må sjåast i samanheng over år i den forstand at det er rom for noko fleksibilitet over tid. Til dømes gjeld dette ved uventa hendingar og særskilde praktiske utfordringar. Dvs. at ubrukte plassar blir overførte frå eit år til det neste, og om det blir nytta fleire plassar enn kvoten, skal kvoten for neste år bli redusert tilsvarande.

Dei nye IKT-systema i Schengen-samarbeidet vil gi sikrare behandling av søknader om vern og anna opphald, dei vil gi raskare avdekking av personar som opererer med fleire identitetar, og dei vil dessutan leggje til rette for raskare retur. Sjå nærmare omtale under sektormålet om tryggleik i samfunnet og programkategori 06.40 og 06.90.

1.9 Godt forvalta polarområde

Med godt forvalta polarområde meiner ein at polarområda skal forvaltast slik at samordning og styring byggjer opp under dei overordna måla for Svalbard og andre polare strøk. Desse omhandlar bl.a. å bevare ro og stabilitet, å bevare natur og å halde oppe eksisterande norske samfunn i desse områda.

1.9.1 Innleiing

Justis- og beredskapsdepartementet er det overordna departementet for Sysselmeisteren på Svalbard. Sysselmeisteren på Svalbard er den øvste representanten for regjeringa på øygruppa og er både politimeister og statsforvaltar.

Longyearbyen lokalstyre får tildelt løyvingane sine over svalbardbudsjettet. Oppgåvene svarer på fleire felt til dei oppgåvene ein kommune har på fastlandet.

På svalbardbudsjettet blir det løyvd midlar til fleire statlege aktørar, som er fagleg styrte av dei respektive fagdepartementa. I tillegg har ei rekkje andre statlege aktørar verksemd på Svalbard som blir finansiert utanfor svalbardbudsjettet.

Justis- og beredskapsdepartementet har i tillegg til Svalbard ansvaret for koordineringa av norsk politikk for Jan Mayen og dei norske bilanda Dronning Maud Land, Bouvetøya og Peter I Øy.

Ansvaret for infrastruktur på Jan Mayen er lagt til Samfunnet Jan Mayen, som får løyvinga si over budsjettet til Justis- og beredskapsdepartementet. Samfunnet Jan Mayen er ein del av Cyberforsvaret, som er ei avdeling i Forsvaret. I tillegg har fleire statlege verksemder ansvar for eller verksemd på Jan Mayen.

1.9.2 Tilstandsvurdering

Befolkning og aktivitet på Svalbard

Av Hurdalsplattforma går det fram at regjeringa har som mål å vidareutvikle svalbardpolitikken og sikre norske interesser og norsk busetjing på Svalbard. Dei stortingsforankra måla for svalbardpolitikken som er omtalte under programkategori 06.80, fordrar at forvaltninga av Svalbard blir tilpassa etter samfunnsutviklinga.

Eit av hovudmåla i svalbardpolitikken er å halde oppe norske samfunn på øygruppa. Målet har først og fremst vore oppfylt gjennom Longyearbyen. Talet på registrert busette i Longyearbyen og Ny-Ålesund auka med 27 personar i løpet av 2021. Delen utanlandske statsborgarar er aukande.

Næringslivet på Svalbard har vore hardt råka av konsekvensane av virusutbrotet, med nedgang i omsetnad og talet på årsverk i 2020. For 2021 har omsetnaden, talet på sysselsette og investeringar auka igjen. Skatteinngangen syner vidare at dei økonomiske konsekvensane av smitteverntiltaka kan ha vore mindre enn ein hadde venta.

Ei rekkje av dei nasjonale økonomiske tiltaka bidrog til situasjonen på Svalbard i perioden med mindre økonomisk aktivitet. Samstundes er forholda på Svalbard spesielle, og ikkje alle ordningar som gjeld for fastlandet, var aktuelle for befolkninga eller næringslivet der. I denne samanhengen vedtok Stortinget å auke løyvingane til særskilte tiltak på Svalbard for å leggje til rette for å halde oppe aktivitet, sysselsetjing og busetjing der.

Longyearbyen lokalstyre skal utarbeide ein konkret energiplan for Longyearbyen i løpet av 2022. Når lokalstyret har overlevert energiplanen til Olje- og energidepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet, vil departementa og lokalstyret saman vurdere den vidare prosessen med å få på plass ei ny energiløysing.

Staten sitt mål som eigar i Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS (SNSK) er bl.a. kostnadseffektiv og stabil produksjon av kol til kraftverket i Longyearbyen. Gruve 7 står for kolforsyninga til kraftverket som leverer elektrisk kraft og fjernvarme til Longyearbyen. Styret i SNSK hadde tidlegare avgjort at produksjonen i gruva skal avsluttast og oppryddinga av gruva starte så snart kolkraftverket i Longyearbyen er stengd ned. Den endra situasjonen i verda har gjort tilgangen på kritiske råvarer usikker. Det gjeld også stålproduksjonen i Europa. Kolet frå Gruve 7 har høg kvalitet og er etterspurt i marknaden for produksjon av stål. Med bakgrunn i dette har styret i Store Norske bestemt å forlenge drifta av Gruve 7 til sommaren 2025. Kolet i den forlenga perioden skal brukast til industriproduksjon. Avgjerda gjer at SNSK får tatt ut dei tilgjengelege kolreservane i Gruve 7 på forretningsmessig grunnlag. Noreg må ta sin del av ansvaret for sikker forsyning av råvarer. Staten som eigar motset seg difor ikkje ein forlenga drift til juli 2025 på bestemte vilkår. På denne bakgrunnen er det heller ikkje behov for løyvingar til drifta av Gruve 7 i 2023.

Tryggleik og miljø

Longyearbyen blei ramma av snøskred i desember 2015 og februar 2017. Sysselmeisteren, i rolla som politimeister, er den som tek avgjerda om evakuering og forbod mot ferdsel ved snøskredfare, basert på skredfaglege råd. I 2021 var det tidvis stor skredfare både i terrenget på Svalbard og i område i Longyearbyen. Sysselmeisteren, i samråd med Beredskapsrådet, måtte fleire gonger gi ordre om evakuering av området Nybyen.

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) vil etter planen sluttføre skredsikringstiltaka i bustadområdet Lia under fjellet Sukkertoppen i 2023.

Regjeringa innførte både personkontroll og kontroll med vareførselen til og frå Svalbard i mai 2022, bl.a. for å styrke moglegheita og evna norske styresmakter har til å føre kontroll på øygruppa.

Verksemda på Jan Mayen gir viktige bidrag til norsk nordområdepolitikk på fleire område, bl.a. innan meteorologi- og kommunikasjonstenester. Delar av verksemda på Jan Mayen er direkte knytt til oppfølging av internasjonale forpliktingar, som drift av bakkestasjonar for satellittnavigasjonsprogramma til EU, Galileo og Egnos, i tillegg til ein seismisk målestasjon for overvaking av prøvestansavtalen.

Bygningsmassen på Jan Mayen er utdatert og har behov for utskifting. Bygget vart sett opp i 1960, med ei levetid rekna til 10 år. Eit arbeid med å greie ut eit ev. nytt hovudbygg på Jan Mayen er i gang.

Antarktistraktaten tok til å gjelde i 1961 og set dei rettslege rammene for verksemd og miljøvern i Antarktis. Antarktistraktaten sørger for at heile traktatområdet sør for 60˚ S skal vere vigd fred og vitskap.

37 land har underteikna Protokoll om miljøvern til Antarktistraktaten. Protokollen stiller strenge miljøkrav til all menneskeleg aktivitet i traktatområdet. Noreg medverkar aktivt i arbeidet under miljøprotokollen. Fiskeriaktiviteten i Sørishavet er regulert gjennom konvensjonen for bevaring av marine levande ressursar i Antarktis (CCAMLR), som er underteikna av 36 land.

Norsk Polarinstitutt driv forsking i Antarktis. Instituttet har heilårsdrift på forskingsstasjonen Troll i Dronning Maud Land og driv tokt i Sørishavet. Sjå elles Prop. 1 S (2022–2023) for Klima- og miljødepartementet.

1.10 Godt og tilgjengeleg lovverk

Eit godt og tilgjengeleg lovverk er eit lovverk som både varetek viktige prinsipp i ein rettsstat – som rettstryggleik og respekt for grunnleggjande rettar – og som bidrar til å fremme måla bak dei enkelte delane av lovverket. Eit godt og tilgjengeleg lovverk skal vere enkelt å finne fram til, gi uttrykk for rettar og plikter på ein klar måte og fremme føreseielege løysingar. Det skal bidra til vekst og verdiskaping for befolkninga og næringslivet, og til at offentlege organ effektivt kan utøve myndigheit og yte tenester på ein god og framtidsretta måte.

1.10.1 Innleiing

Gode og fornuftige lover og reglar påverkar åtferd og medverkar til å hindre og løyse konfliktar. Rettsreglane skal vareta viktige prinsipp i ein rettsstat, som rettstryggleik og respekt for grunnleggjande rettar. Dette er spesielt viktig når det gjeld reglar som opnar for inngrep overfor den enkelte, som straffelovgivinga, men slike grunnleggjande prinsipp må varetakast også i andre regelverk.

Det er Stortinget som vedtek, endrar og opphevar lovene i Noreg, men regjeringa speler ei nøkkelrolle i lovprosessen. Det er som oftast regjeringa som fremmar lovforslag for Stortinget, og lovforslaga er då utarbeidde av det departementet som har ansvaret for det aktuelle området. Alle lovforslaga skal utformast i tråd med utgreiingsinstruksen og med utgangspunkt i rettleiinga «Lovteknikk og lovforberedelse» frå Lovavdelinga. Dette er sentrale utgangspunkt for å sikre god kvalitet på lovene og at relevante omsyn blir vurderte og varetekne.

Lovgivinga må vere av god kvalitet dersom ein skal oppnå dei formåla lovene er meint å vareta. Meininga bak lovføresegnene bør komme tydeleg fram, og lovteksten bør vere tilgjengeleg for flest mogleg. Dette oppnår ein typisk ved å byggje opp lovene og dei enkelte paragrafane på ein logisk og oversiktleg måte, tilpasse dei godt til andre regelverk og bruke eit tydeleg og forståeleg språk. Lovverket bør vere utforma teknologinøytralt der dette er mogleg og naturleg.

Eit godt lovverk bør ikkje vere for omfattande, og det bør ikkje innehalde reglar som det ikkje lenger er behov for, eller for mange detaljreglar. Eit sentralt spørsmål er kva som skal regulerast i lov, og kva som heller bør følgje av forskrift. Tidlegare hadde mange lover vide og generelle forskriftsheimlar, og dette finn ein framleis i enkelte lover, men ei slik fullmaktslovgiving høyrer i mindre grad heime i eit godt og tilgjengeleg lovverk i dag.

1.10.2 Tilstandsvurdering og tiltak

Eit klart og forståeleg regelverk

Lovverket i Noreg er langt meir tilgjengeleg og forståeleg enn i mange andre land, både når det gjeld språk og struktur. Lovtekstane er gjennomgåande relativt kortfatta, og detaljane finn ein i all hovudsak i forskriftene. Store delar av lovverket har i seinare tid blitt bytt ut med nye lover, og ein har dermed fått eit meir moderne og oppdatert lovspråk.

Det vil likevel alltid vere høve til forbetringar også for eit slikt gjennomgåande godt lovverk som det norske må seiast å vere, og regjeringa vil arbeide for at regelverket skal bli endå betre og meir tilgjengeleg. Reglar som er retta mot næringslivet, skal t.d. utformast enklast mogleg.

God gjennomføring av internasjonale plikter

Lovverket blir stadig meir omfattande. Dette kjem i stor grad av gjennomføring av EØS-regelverk, og det gjeld både formelle lover og forskrifter. Ein viktig del av eit godt og tilgjengeleg lovverk er at internasjonale plikter er gjennomførte på ein klar og forståeleg måte. Slik gjennomføring kan innebere særlege utfordringar, bl.a. som følgje av ulike tradisjonar for regelutforming. Ved gjennomføring av EØS-rettsakter kan t.d. omsynet til å utforme reglar på ein måte som er tilpassa norske forhold, og som harmonerer med norsk lovgiving elles, stå i motstrid med omsynet til nøyaktig og fullstendig gjennomføring og ein einsarta rettstilstand. Dersom vage eller fleirtydige reglar skal gjennomførast, må omsynet til korrekt gjennomføring òg vegast opp mot omsynet til klare reglar. Regjeringa vil arbeide for at lovverket balanserer desse omsyna på ein god måte. I tilfelle der regelverk må gjennomførast i norsk rett utan omarbeiding (inkorporasjon), slik som t.d. EØS-forordningar, kan ikkje reglane tilpassast på same måte. Det blir arbeidd med å finne løysingar for å gjere regelverket meir tilgjengeleg også i slike tilfelle.

Saka om feilpraktiseringa av opphaldskravet i folketrygdlova i samband med ytingar frå folketrygda har vist kor viktig ei klar og lett tilgjengeleg gjennomføring av EØS-plikter er i norsk rett. Ei interdepartemental arbeidsgruppe la i juni 2021 fram ein rapport om korleis departementa kan jobbe betre med EØS-saker. Både denne rapporten og rapportane NOU 2020: 9 Blindsonen og NOU 2021: 8 Trygd over landegrensene viste at det er behov for å byggje opp ein varig og robust kompetanse i forvaltninga. Regjeringa foreslår å styrke arbeidet med EØS-rett i forvaltinga gjennom å løyve 2 mill. kroner frå 2023 til styrking av EØS-arbeidet i Lovavdelinga i Justis- og beredskapsdepartementet. Dette tiltaket vil også gjere oss betre rusta til å utnytte det handlingsrommet til å fremje norske interesser som ligg i EØS-avtalen. Les meir under programkategori 06.10.

Justis- og beredskapsdepartementet arbeider generelt for å medverke til at internasjonale plikter blir gjennomførte på ein god måte, både på eigne ansvarsområde og gjennom hjelp med lovarbeid i andre departement. I tillegg er departementet med i internasjonale forum der sentralt regelverk blir utforma, og søker såleis å medverke til utforminga av internasjonalt regelverk.

Forholdet til EØS-retten skal, der det er aktuelt, vurderast grundig i samband med førebuinga av nye lover og anna regelverk. Handlingsrommet i EØS-avtalen skal utnyttast. Forholdet til Grunnlova og menneskerettane skal også vurderast grundig ved førebuing av nytt regelverk. Eksisterande lovgiving må dessutan kontinuerleg vurderast for å sikre at ho framleis er i samsvar med menneskerettskonvensjonane og EØS-retten, særleg i samband med at det kjem nye dommar frå Den europeiske menneskerettsdomstolen, EFTA-domstolen og EU-domstolen.

Eit framtidsretta lovverk

Eit godt lovverk må vere framtidsretta og i takt med utviklinga og nye behov, og det må ta høgd for bruk av moderne teknologi i samfunnet.

Regjeringa vil medverke til at regelverket blir teknologinøytralt og legg til rette for digitalisering og bruk av kunstig intelligens på område der dette er aktuelt, samstundes som ein varetek personvernet og andre grunnleggjande rettar. Regelverket bør leggje til rette for innovasjon og digitalisering i næringslivet, t.d. når det gjeld låg- og nullutsleppsløysingar og bruk av kunstig intelligens, stordata og autonome system. Eksisterande lover bør endrast og gjerast enklare der utviklinga gir høve til å vareta dei aktuelle omsyna på ein mindre inngripande eller meir effektiv måte.

Det har vore gjennomført fleire lovarbeid for å tilpasse lovverket til ein ny digital kvardag. Stortinget har bl.a. våren 2022, basert på forslag frå departementet i Prop. 66 LS (2021–2022) og Prop. 14 L (2021–2022), vedteke ei ny lov om levering av digitale ytingar til forbrukarar og nye reglar som legg til rette for automatisering av søknadsbehandlinga i saker etter utlendingslova om opphaldsløyve for studiar.

Utbrotet av koronaviruset i 2020 skapte eit særleg behov for å leggje til rette for ytterlegare digitalisering gjennom mellombels lovgiving, bl.a. i domstolane og innanfor samanslutningsretten, og det har vore ønskjeleg å byggje på erfaringane frå dette i det vidare arbeidet med digitalisering. Stortinget har vedteke permanente endringar som opnar for fjernmøte og fjernavhøyr i domstolane i større utstrekning enn tidlegare, sjå Prop. 97 L (2021–2022). Desse endringane vil leggje til rette for ei meir moderne saksbehandling i domstolane. I tillegg er det òg vedteke ein heimel for å kunne strøyme rettsmøte offentleg. Dette kan gi offentlegheita betre tilgang til saker i domstolane.

Eit framtidsretta regelverk må ha eit innhald som er tilpassa endringar i samfunnet. Lovverket er eit verkemiddel for å oppnå og reflektere ønskte samfunnsendringar, og det blir arbeidd med ei rekkje lovsaker som illustrerer dette. Det vil t.d. bli arbeidd med endringar i reglane om seksuallovbrot. Straffelovrådet skal gå samla gjennom reglane i straffelova om seksuelle krenkingar, bl.a. straffebodet om valdtekt. Departementet vil deretter fremme nødvendige lovforslag til Stortinget. Dette vil bl.a. omfatte ei endring av straffebodet om valdtekt, slik at ordlyden speglar at seksuell omgang utan samtykke er forbode og definert som valdtekt.

Truslane mot nasjonal tryggleik har òg endra seg og blitt meir alvorlege dei seinare åra. Regjeringa har sett i gang eit arbeid for å vurdere regelverket på fleire punkt, bl.a. for å vurdere om Politiets tryggingsteneste har tilgang til den nødvendige informasjonen for å utføre samfunnsoppdraget sitt på ein god måte. Regelverket må både vareta personvernet og rettstryggleiken til den enkelte borgaren og omsynet til å tryggje demokratiet og fellesskapet sine interesser.

Det er viktig at lover blir utforma slik at dei òg kan nyttast i unormale tider, og for å kunne møte nye former for kriser. Både koronapandemien og situasjonen med mange fordrivne frå Ukraina har likevel vist at det òg kan vere behov for å utarbeide nye lover og forskrifter og å tilpasse eksisterande regelverk til den aktuelle situasjonen. For å leggje til rette for ei tilpassing av innkomst-, mottaks- og busetjingsprosessen for dei fordrivne, vart eit forslag til mellombelse endringar i ei rekkje lover fremma i ein felles proposisjon våren 2022 (Prop. 107 L (2021–2022)).

1.11 Oppfølging av oppmodingsvedtak

Nedanfor gir departementet ei oversikt over oppfølging av oppmodingsvedtak under Justis- og beredskapsdepartementet. Oversikta inkluderer alle vedtak frå stortingssesjonen 2021–2022, og dei vedtaka frå tidlegare stortingssesjonar som kontroll- og konstitusjonskomiteen i Innst. 141 S (2021–2022) meinte ikkje var følgde opp. I enkelte tilfelle kan oppfølginga av vedtaka vere meir omfattande forklart under det aktuelle programområdet i proposisjonen. I desse tilfella vil det vere ein referanse til kvar denne teksten finst.

I kolonne fire i tabellen nedanfor går det fram om departementet planlegg at rapporteringa på oppmodingsvedtaket no blir avslutta, eller om departementet vil rapportere konkret på vedtaket også i budsjettproposisjonen til neste år.

Sjølv om det i tabellen blir opplyst om at rapporteringa blir avslutta, vil det i ein del tilfelle kunne vere slik at oppfølginga av alle sider av vedtaket ikkje er endeleg avslutta. Dette kan t.d. gjelde vedtak med oppmoding til regjeringa om å vareta særlege omsyn i politikkutforminga på eit område, der oppfølginga vil kunne gå over mange år. Stortinget vil i desse tilfella bli orientert om den vidare oppfølginga på ordinær måte, gjennom omtale av det relevante politikkområdet i budsjettproposisjonar og andre dokument.

I enkelte tilfelle er det nødvendig å fremme forslag om at oppmodingsvedtaket blir oppheva før rapporteringa kan avsluttast. Departementet har fremma eit slikt forslag. Vi viser til forslagsdelen i denne proposisjonen.

Tabell 1.3 Oversikt over oppmodingsvedtak, ordna etter sesjon og nummer

Sesjon

Vedtak nr.

Stikkord

Rapporteringa blir avslutta (ja/nei)

2021–2022

35.49

Ny rettshjelpordning

Nei

2021–2022

35.56

Pilotprosjekt for notoritet i personkontrollar

Ja

2021–2022

372

Utgreiing av fråvikelege lovreglar om sambuarskap

Nei

2021–2022

419

Stønad til livsopphald til flyktningar som bur utanfor asylmottak

Ja

2021–2022

420

Straffebestemming om seksuell utnytting av barn

Nei

2021-2022

462

Innføring av våpenamnesti

Ja

2021–2022

504

Lov om advokater og andre som yter rettslig bistand (advokatlova)

Nei

2021–2022

505

Lov om advokater og andre som yter rettslig bistand (advokatlova)

Nei

2021–2022

506

Lov om advokater og andre som yter rettslig bistand (advokatlova)

Nei

2021–2022

507

Nytt Oslo fengsel

Nei

2021–2022

569

Flyktningar frå Ukrainas naboland

Ja

2021–2022

571

Mottaksplan for ukrainske barn og unge

Ja

2021–2022

572

Automatisk arbeidsløyve til ukrainske flyktningar

Ja

2021–2022

573

Informasjonsarbeid om rettar og moglegheiter for ukrainske flyktningar

Ja

2021–2022

579

Vurdering av naturskadeforsikringsordningen

Nei

2021–2022

580

Dialog om digitale betalingstenester og foreldrekontroll

Nei

2021–2022

581

Utgreiing av meldeplikt for norske tenesteleverandørar

Nei

2021–2022

582

Regelverk om varsling frå kriminalomsorga

Nei

2021–2022

583

Elektronisk kontroll ved brot på besøksforbod

Nei

2021–2022

584

Straffenivåa for seksuallovbrot

Nei

2021–2022

585

Nedsetjing av valdtektskommisjon

Nei

2021–2022

587

Budsjettmessige konsekvensar av ny valdserstatningslov

Nei

2021–2022

588

Sikre bemanning ved og vurdere tiltak for å styrke Kontoret for voldsoffererstatning

Ja

2021–2022

589

Forseinkingsrente på statens regresskrav mot skadevaldar i valdserstatningssaker

Nei

2021–2022

647

Oversikt over land utan krav til pass eller id-kort

Ja

2021–2022

648

Høve for utvida gyldigheit på utgåtte pass

Ja

2021–2022

649

Reduksjon av passkø

Ja

2021–2022

650

Henting av pass hos passutferdar

Ja

2021–2022

651

Sikring av komponentar til pass

Ja

2021–2022

652

Strakstiltak for å redusera ventetid på nye pass

Ja

2021–2022

654

Tryggleik for funksjonshindra

Nei

2021–2022

795

Forbod mot sal av forfalne fordringar

Nei

2021–2022

831

Offentleg helsetilbod ved Politiets utlendingsinternat på Trandum

Nei

2020–2021

47

Utviding av avverjingsplikta

Nei

2020–2021

50

Forelding av lovbrot mot mindreårige

Nei

2020–2021

64

Tilgjengelege dopingopplysningar

Nei

2020–2021

65

Straff for den som tener pengar på idrettsprestasjonar som følgje av doping

Nei

2020–2021

140

Eigendelar etter finansavtalelova

Ja

2020–2021

206

Klarare skilje mellom konvensjonsstatus (asyl) og subsidiært vern

Nei

2020–2021

207

Plan for effektiv motarbeiding av irregulær migrasjon

Nei

2020–2021

208

Klarlegging av identitet

Nei

2020–2021

209

Skjerping av underhaldskravet

Ja

2020–2021

443

Høgare straff for barn som gjer gjenteken kriminalitet

Nei

2020–2021

446

Tiltak for å auke talet på inndragingar

Nei

2020–2021

447

Besøks- og opphaldsforbod

Nei

2020–2021

452

Straff for å la verdiane til gjengkriminelle stå i eige namn

Ja

2020–2021

627

Fornyingsordning for barneomsorgsattest

Nei

2020–2021

628

Gjennomgang av barneomsorgsattestordninga

Nei

2020–2021

676

Ny politihøgskule

Ja

2020–2021

680

Gjenopning av arrestar

Ja

2020–2021

681

Oppretting av eit nasjonalt våpenregister

Nei

2020–2021

682

Identitetsskjerming for polititilsette

Nei

2020–2021

712

Straff for å tvinge barn til utlandet

Nei

2020–2021

729

Nasjonal langtidsplan for beredskap

Nei

2020–2021

730

Totalberedskapsutval

Nei

2020–2021

739

Nordisk samarbeid innan samfunnstryggleik

Nei

2020–2021

740

Sivilforsvaret

Ja

2020–2021

741

Frivillige organisasjonar

Ja

2020–2021

742

Brann til sjøs

Nei

2020–2021

743

Tilfluktsrom

Nei

2020–2021

745

Objektsikring

Ja

2020–2021

746

Kompetanseheving innanfor IKT-tryggleik

Ja

2020–2021

748

Inkludering av frivillige organisasjonar i beredskapsplanar

Ja

2020–2021

799

ADR-kontroll

Nei

2020–2021

814

Nasjonalt eigarskap og kontroll

Nei

2020–2021

848

Heilskapleg gjennomgang av verjemålsordninga

Nei

2020–2021

883

Økonomisk kompensasjonsordning for våpeneigarar

Ja

2020–2021

928

Lovendringar som følgje av ny sivilombodslov

Nei

2020–2021

983

Etablering av ny redningshelikopterbase i Tromsø og felles operasjon med helikoptertenesta til Sysselmeisteren

Nei

2020–2021

1038

Kartlegging av tryggleikskompetanse, gjennomgang av bruken av tryggingslova og evaluering av tryggleiksforståing

Nei

2020–2021

1040

Stortingsmelding om nasjonalt eigarskap og kontroll over strategisk viktige naturressursar, bedrifter, infrastrukturar og teknologiar

Nei

2020–2021

1041

Nytt Oslo fengsel

Nei

2020–2021

1115

Forfølging av narkotikalovbrot i nødssituasjonar

Ja

2020–2021

1116

Sperring av opplysningar i reaksjonsregisteret

Nei

2020–2021

1117

Gjennomgang av praksis for tilbakekall av førarrett

Nei

2020–2021

1159

Unntak frå forelding for seksuallovbrot mot barn

Nei

2020–2021

1161

Internasjonale kriminelle organisasjonar

Nei

2020–2021

1162

Tilgang på straffeprosessuelle tvangsmiddel

Nei

2020–2021

1343

Kompensasjonsordning for tapt arbeidsforteneste for frivillige i redningstenesta

Nei

2019–2020

436

Elektroniske fraktbrev

Nei

2019–2020

515

Reklamasjonsfrist på bustader

Nei

2019–2020

669

Deling av registerinformasjon

Nei

2018–2019

98

Rettshjelpsordninga

Nei

2017–2018

539

Alternativ til fengsling av barn

Ja

2017–2018

540

Einslege mindreårige asylsøkarar

Ja

2017–2018

541

Tvangsreturnering av barnefamiliar

Ja

2017–2018

788

Utanlandsopphald

Nei

2017–2018

795

Eige lovverk for Statens barnehus

Nei

2017–2018

798

Regelverk for teieplikt, opplysningsplikt og opplysningsrett – vald og overgrep

Nei

2017–2018

899

Menneskerettane til utviklingshemma – verjemål

Nei

2016–2017

523

Korrupsjonsføresegnene i straffelova

Nei

2016–2017

630

Omvend valdsalarm ved brot på besøksforbod

Nei

2016–2017

631

Besøksforbod

Nei

2016–2017

1043

Omvend valdsalarm

Nei

2015–2016

921

Tilsyn med drift av asylmottak

Ja

1.11.1 Stortingssesjon 2021–2022

Ny rettshjelpsordning

Vedtak nr. 35.49, 2. desember 2021

«Stortinget ber regjeringen om å legge frem forslag til ny lov om støtte til rettshjelp i løpet av våren 2023, og vurdere ulike tiltak som kan forsterke rettshjelpsordningen for befolkningen, herunder forslagene i NOU 2020:5»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 1 (2021–2022), Prop. 1 S (2021–2022), Prop. 1 S Tillegg 1 (2021–2022) og Innst. 2 S (2021–2022).

Vedtaket er under behandling.

Pilotprosjekt for notoritet i personkontrollar

Vedtak nr. 35.56, 2. desember 2021

«Stortinget ber regjeringen om å gjennomføre en pilotordning i Oslo med teknisk løsning for sikring av notoritet for personkontroller som politiet foretar dersom den som blir kontrollert vil la seg registrere. Ordningen skal innebære at den som blir stoppet kan motta en bekreftelse på kontrollen.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 1 (2021–2022) og Innst. 2 S (2021–2022).

Vedtaket er følgt opp. Oppfølging er igangsett med oppdraget som blei gitt til Politidirektoratet og det pågåande arbeidet i Oslo politidistrikt med planleggjing og oppstart av eit pilotprosjekt med utprøving av teknisk løysing for tilbod om og utferding av stadfesting på gjennomført personkontroll.

Utgreiing av fråvikelege lovreglar om sambuarskap

Vedtak nr. 372, 3. februar 2022

«Stortinget ber regjeringen utrede en fravikelig samboerlov.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:5 S (2021–2022) og Innst. 121 S (2021–2022) frå familie- og kulturkomiteen.

Vedtaket er under behandling.

Stønad til livsopphald til flyktningar som bur utanfor asylmottak

Vedtak nr. 419, 8. mars 2022

«Stortinget ber regjeringen raskt vurdere hvordan flyktninger med midlertidig kollektivt opphold som bor utenfor asylmottak midlertidig kan sikres stønad til livsopphold.»

Dokumenta som ligg til grunn for forslaget, er Prop. 14 L (2021–2022) og Innst. 175 L (2021–2022).

Vedtaket er følgt opp. Justis- og beredskapsdepartementet gav 16. mars UDI instruks GI-4/2022 – Instruks om alternativ mottaksplass for personar fordrivne frå Ukraina som får midlertidig kollektiv beskyttelse, jf. utlendingsforskriften § 7-5 a, jf. utlendingsloven § 34. UDI fekk med denne instruksen fullmakt til å utvide målgruppa for ordninga med alternativ mottaksplass (AMOT) under kap. 490, post 60.

Straffebestemming om seksuell utnytting av barn

Vedtak nr. 420, 8. mars 2022

«Stortinget ber regjeringen vurdere om ordet «livssituasjon» i straffeloven § 295 første ledd bokstav c bør endres til «situasjon», slik at bestemmelsen rammer det «å utnytte en person under 18 år i en særlig sårbar situasjon.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:26 S (2021–2022) og Innst. 177 S (2021–2022) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Som ledd i Straffelovrådets pågåande gjennomgang av straffelova kapittel 26 om seksuallovbrot, vurderar rådet òg behovet for endringar i føresegna som rammar den som skaffar seg eller ein annan seksuell omgang ved å utnytta ein person under 18 år i ein særleg sårbar livssituasjon.

Innføring av våpenamnesti

Vedtak nr. 462, 31. mars 2022

«Stortinget ber regjeringen innføre våpenamnesti, der det gis fritak for straff ved besittelse av ulovlige våpen dersom disse leveres inn til relevante myndigheter i løpet av en fastsatt periode.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:54 S (2021–2022) og Innst. 208 S (2021–2022) frå justiskomiteen.

Vedtaket er følgt opp. Det vil bli innført eit tidsavgrensa våpenamnesti frå 1. november 2022 til 1. april 2023.

Advokatlova

Vedtak nr. 504, 28. april 2022

«Stortinget ber regjeringen utarbeide forskrift etter § 19 andre ledd, hvor forsikringsselskap kan tilby advokatbistand gjennom rettshjelpforsikring.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 214 L (2020–2021) Lov om advokater og andre som yter rettslig bistand (advokatloven), Innst. 234 L (2021–2022) og Lovvedtak 61 (2021–2022).

Vedtaket er under behandling.

Advokatlova

Vedtak nr. 505, 28. april 2022

«Stortinget ber regjeringen sikre klare overgangsordninger for foretak som blir berørt av endringer i ny advokatlov, som må gi slike god nok tid til å omorganisere seg, slik det åpnes for i Prop. 214 L (2020–2021) kapittel 22.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 214 L (2020–2021) Lov om advokater og andre som yter rettslig bistand (advokatloven), Innst. 234 L (2021–2022) og Lovvedtak 61 (2021–2022).

Vedtaket er under behandling.

Advokatlova

Vedtak nr. 506, 28. april 2022

«Stortinget ber regjeringen iverksette forskrift for berørte forsikringsselskap i god tid før overgangsreglene som vil bli fremmet i forbindelse med ikraftsettingen av advokatloven, utløper i tid.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 214 L (2020–2021) Lov om advokater og andre som yter rettslig bistand (advokatloven), Innst. 234 L (2021–2022) og Lovvedtak 61 (2021–2022).

Vedtaket er under behandling.

Nytt Oslo fengsel

Vedtak nr. 507, 28. april 2022

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med egen sak om plassering av nytt Oslo fengsel før endelig beslutning fattes.

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:88 S, og Innst. 241 S (2021– 2022).

Vedtaket er under behandling. For å sikre snarleg erstatningskapasitet for nokre av plassane for Oslo fengsel foreslår regjeringa å utvide Romerike fengsel, Ullersmo avdeling med netto 76 plassar. Departementet vil komme tilbake med forslag for lokalisering av nye fengselsplasser til erstatning for fengselsplassane ved Oslo fengsel.

Flyktningar frå Ukrainas naboland

Vedtak nr. 569, 24. mai 2022

«Stortinget ber regjeringen utarbeide en plan for raskt å respondere på anmodninger dersom Ukrainas naboland ber om bistand til å håndtere flyktninger med kollektiv beskyttelse. Planen bør inneholde en avtale om uttransport.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Dokument 8:152 S (2021–2022) og Innst. 292 S (2021–2022).

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Dok. 8:152 S (2021–2022) og Innst. 292 S (2021–2022).

Vedtaket er følgt opp. Regjeringa meiner oppmodingar frå nabolanda til Ukraina om bistand til å handtere flyktningar er tilfredsstillande varetatt med gjeldande rutinar og etablerte samarbeid. Noreg deltek i dialog og samarbeid med styresmaktene i nabolanda til Ukraina, EU og mellomstatlege organisasjonar om humanitær bistand og tilrettelegging av annan bistand til flyktningar. Noreg har ein tilbaketakingsavtale (returavtale) med Ukraina som vart inngått 1. september 2011 som framleis gjeld.

Sjå nærmare omtale under programkategori 06.90.

Mottaksplan for ukrainske barn og unge

Vedtak nr. 571, 24. mai 2022

«Stortinget ber regjeringen umiddelbart utarbeide en mottaksplan for å sikre at ukrainske barn og unge blir tatt godt imot ved ankomst, herunder for mottak i skole og barnehage.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Dokument 8:147 S (2021–2022) og Innst. 292 S (2021–2022).

Vedtaket er følgt opp. Statlege styresmakter har planar for å ta i mot barn og unge som søker vern i Noreg på en god måte. Utlendingsdirektoratet (UDI) har det operative ansvaret for å tilby et innkvarteringstilbod, og har planverk for å ta i mot barn. Barn som sannsynlegvis skal vere i landet i meir enn tre månader, har rett til grunnskuleopplæring. Kommunane kan gi tilbod om barnehageplass til barn i mottak, og barn som er busette har rett til barnehageplass. Arbeids- og inkluderingsdepartementet jobbar for at barn frå Ukraina så raskt som mogleg skal bli busett i ein kommune, og etter dette har kommunen ansvar for oppfølginga. Regjeringa har initiert ei rekke tiltak for å støtte kommunane og fylkeskommunane, bl.a. ei tilskotsordning for omsetjing og utvikling av læremiddel, utvikling av digitale ressursar og fjernundervisning, samt mellombelse regelendringar.

Automatisk arbeidsløyve til ukrainske flyktningar

Vedtak nr. 572, 24. mai 2022

«Stortinget ber regjeringen vurdere å automatisk innvilge arbeidstillatelse for registrerte ukrainske flyktninger hvor det ikke er identitetstvil, for eksempel ved at søkeren har biometrisk pass.»

Dokumenta som ligg til grunn for forslaget, er Dokument 8:177 S (2021–2022) og Innst. 288 S (2021–2022).

Vedtaket er følgt opp. Justis- og beredskapsdepartementet har vurdert om utlendingsregelverket bør endrast for å gje fordrivne frå Ukraina rett til å arbeide frå søknadsdato, og ikkje først frå vedtaksdatoen, som i dag. Departementet vil ikkje foreslå ei slik endring. Det er lagt særleg vekt på at saksbehandlingstida for kollektivt vern no er kort. Gjennomsnittleg saksbehandlingstid, frå søknadsdato til vedtak i UDI, for personar som søkte asyl i august, var i august månad 8 dagar (median 6 dagar). Det er derfor liten eller ingen gevinst å hente på å knytte retten til å arbeide til søknadstidspunktet. På dette tidspunktet veit ein heller ikkje om søkaren fyller vilkåra for mellombels kollektivt vern. Det er vanskeleg å grunngje kvifor alle ukrainske asylsøkarar, også dei som kan hende ikkje fyller vilkåra for mellombels kollektivt vern, skal få ei betre rett til å arbeide enn andre asylsøkarar. Ei slik ordning vil kunne innebere usakleg forskjellsbehandling.

Informasjonsarbeid om rettar og moglegheiter for ukrainske flyktningar

Vedtak 573, 24. mai 2022

«Stortinget ber regjeringen sikre at ukrainske flyktninger og deres barn får tilgang til informasjon om sine rettigheter og muligheter i Norge i en tidlig fase i ankomsten, uavhengig av om de bor på mottak eller er innlosjert privat. Informasjonen må tilpasses barn i ulike aldre.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:177 S (2021–2022) og Innst. 288 S (2021–2022).

Vedtaket er følgt opp. Departementet har bede Utlendingsdirektoratet (UDI) om status for informasjonsarbeid retta mot barn og unge, og særleg fordrivne frå Ukraina. UDI, politiet og andre instansar har etablert rutinar for å gi relevant og tilpassa informasjon etter at søkaren er kommen til Noreg. Det blir òg gitt utfyllande informasjon på nettsidene til statlege styresmakter om innreise, om registrering, om innkvartering og om rettar i Noreg. Utlendingsstyresmaktene har utarbeidd ei eiga nettside for barn: asylbarn.no. UDI har sett i verk alternative informasjonstiltak retta mot ukrainske asylsøkarar. Fleire direktorat samarbeider om informasjonstiltak retta mot ukrainarar med formål om å identifisere og førebyggje menneskehandel, inkludert tilpassa informasjon for barn.

Naturskadeforsikring

Vedtak nr. 579, 24. mai 2022

«Stortinget ber regjeringen vurdere mulighetene for å innrette naturskadeforsikringsordningen slik at den bedre ivaretar hensynet til forebygging, men likevel slik at dette ikke går på bekostning av prinsippet omen solidarisk og lik premiefastsettelse for forsikringskunder i hele landet.»

Dokumenta som ligg til grunn for forslaget, er Prop. 62 L (2021–2022) og Innst. 308 L (2021–2022).

Vedtaket er under behandling.

Dialog om digitale betalingstenester og foreldrekontroll

Vedtak nr. 580, 30. mai 2022

«Stortinget ber regjeringen gå i dialog med aktuelle leverandører av digitale betalingstjenester for å øke bevisstheten rundt foreldre og foresattes mulighet til å kontrollere transaksjoner inn og ut av betalingskontoen til deres barn samt for å finne løsninger for å styrke foreldrekontrollen.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:126 S (2021– 2022) og Innst. 309 S (2021–2022) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling.

Utgreiing av meldeplikt for norske tenesteleverandørar

Vedtak nr. 581, 30. mai 2022

«Stortinget ber regjeringen utrede innføring av en plikt for norske tjenesteleverandører til å melde fra dersom de oppdager at deres tjenester brukes til straffbar oppbevaring eller distribusjon av overgrepsmateriale.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8: 126 S (2021–2022) og Innst. 309 S (2021–2022) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling.

Regelverk om varsling frå kriminalomsorga

Vedtak nr. 582, 30. mai 2022

«Stortinget ber regjeringen gjennomføre et regelverksarbeid om varsling fra kriminalomsorgen, der hensynet til fornærmede og etterlatte vektlegges sterkere enn det som ligger i dagens regler.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8: 133 S (2021–2022) og Innst. 311 S (2021–2022) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling.

Elektronisk kontroll ved brot på besøksforbod

Vedtak nr. 583, 30. mai 2022

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om innføring av en ordning med elektronisk kontroll (såkalt omvendt voldsalarm) ved brudd på besøksforbud.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8: 133 S (2021–2022) og Innst. 311 S (2021–2022) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Departementet har vurdert behovet for lovendringar og sendt forslag på høyring 6. september 2021 om endringar i straffeprosesslova og straffelova. I høyringsnotatet er det foreslått at påtalemakta skal kunne påleggje elektronisk kontroll (såkalla omvend valdsalarm) ved brot på besøksforbod. Det er òg vurdert visse andre justeringar i reglane for både besøksforbod etter straffeprosesslova og kontaktforbod etter straffelova. Sjå òg omtale under vedtak nr. 630 og 631, 25. april 2017, vedtak nr. 1043, 20. juni 2017 og vedtak nr. 447, 18. desember 2020.

Straffenivåa for seksuallovbrot

Vedtak nr. 584, 30. mai 2022

«Stortinget ber regjeringen gi Straffelovrådet i oppdrag å foreta en tilleggsutredning av straffenivåene for straffelovens bestemmelser om seksuallovbrudd. Tilleggsutredningen bes ferdigstilles før sommeren 2023.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:134 S (2021–2022) og Innst. 307S (2021–2022) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Som ledd i Straffelovrådets pågåande gjennomgang av straffelova kapittel 26 om seksuallovbrot, vurderar rådet òg straffenivåa. Regjeringa vil vurdera om det blir behov for ein meir inngåande utgreiing av straffenivåa for seksuallovbrot etter at rådet har levert utgreiinga si, noko som skal skje seinast 15. desember.

Nedsetjing av valdtektskommisjon

Vedtak nr. 585, 30. mai 2022

«Stortinget ber regjeringen nedsette en voldtektskommisjon, som skal levere sin utredning innen september 2023. Kommisjonen bør være bredt sammensatt av ulike typer kompetanse innenfor pedagogikk, psykologi, sosialfag, politifag og juss.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:134 S (2021–2022) og Innst. 307 S (2021–2022) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling.

Valdserstatningslov

Vedtak nr. 587, 30. mai 2022

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til de budsjettmessige konsekvensene av ny voldserstatningslov i forbindelse med nysalderingen av budsjettet for 2022.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 238 L (2020–2021), Innst. 310 L (2021–2022) frå justiskomiteen og Lovvedtak 70 (2021–2022).

Vedtaket er under behandling.

Kontoret for valdsoffererstatning

Vedtak nr. 588, 30. mai 2022

«Stortinget ber regjeringen sørge for at Kontoret for voldsoffererstatning i Vardø blir tilført andre oppgaver slik at bemanningen ved kontoret ikke reduseres. Stortinget ber også regjeringen vurdere tiltak for å styrke Kontoret for voldsoffererstatning.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 238 L (2020–2021), Innst. 310 L (2021–2022) frå justiskomiteen og Lovvedtak 70 (2021–2022).

Vedtaket er følgt opp. Departementet arbeider med ikraftsetjing og implementering av ny valdserstatningslov, jf. Prop. 238 L (2020–2021), Innst. 310 L (2021–2022) og Lovvedtak 70 (2021–2022). Arbeidet med å tilføra andre oppgåver til Kontoret for valdsoffererstatning og å vurdera tiltak for å styrke kontoret, følgjast opp i styringsdialogen mellom departementet og Statens sivilrettsforvaltning og mellom Statens sivilrettforvaltning og Kontoret for valdsoffererstatning.

Vedtak nr. 589, 30. mai 2022

«Stortinget ber regjeringen fastsette i forskrift at det ikke skal løpe forsinkelsesrenter på statens regresskrav mot skadevolderen i voldserstatningssaker mens skadevolderen soner alminnelig fengselsstraff.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 238 L (2020–2021), Innst. 310 L (2021–2022) frå justiskomiteen og Lovvedtak 70 (2021–2022).

Vedtaket er under behandling. Departementet arbeider med ikraftsetjing og implementering av ny valdserstatningslov, jf. Prop. 238 L (2020–2021), Innst. 310 L (2021–2022) og Lovvedtak 70 (2021–2022). Departementet ser på aktuelle løysingar og vil koma tilbake til Stortinget på eigna måte.

Oversikt over land utan krav til pass eller ID-kort

Vedtak nr. 647, 3. juni 2022

«Stortinget ber regjeringen lage en lett tilgjengelig og oppdatert oversikt over hvilke Schengen-land nordmenn kan reise til uten pass eller ID-kort, og hvilke land som fortsatt krever slike dokumenter ved innreise.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:160 S (2021–2022) og Innst. 431 S (2021–2022) frå justiskomiteen.

Vedtaket er følgt opp. Oppdatert oversikt følgjer av Utanriksdepartementet sin reiseinformasjon og politiet sine nettsider om pass og nasjonalt ID-kort.

Høve til utvida varigheit på utgåtte pass

Vedtak nr. 648, 3. juni 2022

«Stortinget ber regjeringen se på mulighetene for å midlertidig utvide gyldigheten på utgåtte pass, etter dialog med andre land.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:160 S (2021–2022) og Innst. 431 S (2021–2022) frå justiskomiteen.

Vedtaket er følgt opp med vurderingar som vart gjorde i samband med dialogen med andre land om mellombels bruk av pass som har gått ut på dato.

Reduksjon av passkø

Vedtak nr. 649, 3. juni 2022

«Stortinget ber regjeringen sørge for at de lange køene for å få hentet ut pass blir redusert ved at man lager egne køer eller midlertidige kontorer for folk som kun skal hente ut pass.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:160 S (2021–2022) og Innst. 431 S (2021–2022) frå justiskomiteen.

Vedtaket er følgt opp med tiltaka som vart sette i verk i politidistrikta før sommaren 2022.

Henting av pass hos passutferdar

Vedtak nr. 650, 3. juni 2022

«Stortinget ber regjeringen legge til rette for at alle får mulighet til å hente ut nye pass hos passutsteder, slik at man ikke må vente på å få passet i posten.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:160 S (2021–2022) og Innst. 431 S (2021–2022) frå justiskomiteen.

Vedtaket er følgt opp med tiltaka som vart sette i verk i politidistrikta før sommaren 2022.

Sikring av komponentar til pass

Vedtak nr. 651, 3. juni 2022

«Stortinget ber regjeringen utforske mulighetene for å sikre seg nødvendig råstoff og komponenter til å produsere pass via EU eller andre kanaler, slik Solberg-regjeringen gjorde under covid-19-pandemien.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:160 S (2021–2022) og Innst. 431 S (2021–2022) frå justiskomiteen.

Vedtaket er følgt opp. Departementet har bede Politidirektoratet om å starte eit arbeid for å sjå på tiltak som kan gjere i leveransekjeda for pass og ID-kort meir robust, bl.a. for å auke den nasjonale beredskapen.

Redusere ventetid på nye pass

Vedtak nr. 652, 3. juni 2022

«Stortinget ber regjeringen gjennomføre strakstiltak med sikte på å redusere ventetid for å få nytt pass, eksempelvis gjennom å utvide åpningstider på kveldstid og i helgene, samt å øke bemanningen på passkontor med stor pågang.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:160 S (2021–2022) og Innst. 431 S (2021–2022) frå justiskomiteen.

Vedtaket er følgt opp med tiltaka som vartsette i verk i politidistrikta før sommaren 2022.

Tryggleik for personar med funksjonshindring

Vedtak nr. 654, 3. juni 2022

«Stortinget ber regjeringen se på hvordan myndighetene kan treffe nødvendige tiltak for å sikre funksjonshindrede beskyttelse og sikkerhet i risikosituasjoner i hele krisespekteret, og sikre at funksjonshindredes organisasjoner høres i forbindelse med dette.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:213 S (2021–2022), Innst. 367 S (2021–2022) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Departementet har bede Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) i samband med arbeidet med forprosjekt om sivile vernetiltak å vurdere behovet til funksjonshindra særskilt i utforminga av framtidig tilrådingar om sivile vernetiltak.

Forbod mot sal av forfalte fordringar

Vedtak nr. 795, 15. juni 2022

«Stortinget ber regjeringen utrede muligheten for å forby salg av forfalte fordringer hvor forbruker er debitor.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:200 S (2021–2022) og Innst. 373 S (2021–2022).

Vedtaket er under behandling.

Offentleg helsetilbod ved Politiets utlendingsinternat på Trandum

Vedtak nr. 831, 17. juni 2022

«Stortinget ber regjeringen sikre at helsetjenesten på Politiets utlendingsinternat, Trandum, legges under den offentlige helsetjenesten og at beslutningen om dette tas i løpet av 2022 slik at overføringen kan gjennomføres senest 1. juli 2023.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 2 (2021–2022) og Innst. 450 S (2021–2022).

Vedtaket er under behandling.

1.11.2 Stortingssesjon 2020–2021

Utviding av avverjingsplikta

Vedtak nr. 47, 3. november 2020

«Stortinget ber regjeringen utrede om avvergingsplikten i straffeloven § 196 bør utvides til også å omfatte flere straffbare handlinger, særlig straffeloven §§ 257, 260, 261, 272 b, 292, 293, 294, 300, 301, 302, 304 og 305.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 66 L (2019–2020) og Innst. 41 L (2020–2021).

Vedtaket er under behandling.

Forelding av lovbrot mot mindreårige

Vedtak nr. 50, 3. november 2020

«Stortinget ber regjeringen foreta en helhetlig gjennomgang av foreldelsesreglene for seksuallovbrudd og voldsforbrytelser mot mindreårige, og komme tilbake til Stortinget med forslag til lovendringer som hever det generelle nivået på foreldelsesfrister for denne typen lovbrudd.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 66 L (2019–2020) og Innst. 41 L (2020–2021).

Vedtaket er under behandling. Sjå òg vedtak nr. 1159, 7. juni 2021.

Tilgjengelege dopingopplysningar

Vedtak nr. 64, 10. november 2020

«Stortinget ber regjeringen vurdere hvordan opplysninger om idrettsutøvere og støtteapparat som straffes for dopingkriminalitet, også kan gjøres tilgjengelig for antidopingorganisasjonene, herunder eventuelle behov for endring av lovgivning.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:95 S (2018–2019) og Innst. 48 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Departementet vurderer behovet for regelendringar og eventuelle andre tiltak.

Straff for den som tener pengar på idrettsprestasjonar som følgje av doping

Vedtak nr. 65, 10. november 2020

«Stortinget ber regjeringen vurdere muligheter for nye bestemmelser i straffeloven for å kunne straffeforfølge de som tjener penger på idrettsprestasjoner som følge av doping, og mulighet for inndragning.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:95 S (2018–2019) og Innst. 48 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling.

Eigendelar etter finansavtalelova

Vedtak nr. 140, 1. desember 2020

«Stortinget ber regjeringen vurdere om egenandelen i finansavtaleloven § 3-20 tredje ledd bør oppjusteres for å ta hensyn til prisstigningen de siste årene og for å sørge for at beløpet gir et godt nok initiativ til at rettighetshaverne bruker sin elektroniske signatur på en forsvarlig måte. Regjeringen bes også vurdere om beløpet bør knyttes til grunnbeløpet i folketrygden slik at det automatisk justeres for prisendringer. Disse vurderingene bør også gjøres for beløpet i § 4-30 tredje ledd.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. LS 92 (2019–2020) og Innst. 104 L (2019–2020) frå justiskomiteen.

Vedtaket er følgt opp. Justis- og beredskapsdepartementet sende 20. mai 2022 på høyring eit forslag til ei ny forskrift om finansavtaler. I høyringsnotatet ba departementet også om innspel frå høyringsinstansane om forslaget i oppmodingsvedtaket. I samband med dette viste departementet til at ein eigenandel på 12 000 kroner for folk flest er ein stor sum med pengar. Departementet viste også til at når ein nå innfører lovfastsette eigenandelar, kan det vere føremålstenleg å sjå på verknadene av reglane i marknaden før ein eventuelt vurderer å regulere eigenandelen. Departementet peikte dessutan på at ei regulering av eigenandelane etter grunnbeløpet, slik oppmodingsvedtaket går ut på, vil komplisere reglane fordi ein da også må ha reglar om skjeringstidspunktet for kva for eigenandel som skal gjelde. Dei av høyringsinstansane som uttaler seg om forslaget, sluttar seg alle til vurderingane i høyringsnotatet. Dette gjeld Finanstilsynet, Forbrukarrådet, Forbrukartilsynet og Jussbuss. I lys av omsyna det er vist til i høyringsnotatet, og høyringa, er det departementet sitt syn at eigenandelen i finansavtaleloven § 3-20 tredje ledd og § 4-30 tredje ledd for tida ikkje bør bli justert opp eller knyttast til grunnbeløpet.

Klarare skilje mellom konvensjonsstatus (asyl) og subsidiært vern

Vedtak nr. 206, 7. desember 2020

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake med forslag til lovendringer som innenfor rammen av internasjonale forpliktelser gir et klarere skille mellom konvensjonstatus (asyl) og subsidiær beskyttelse, gjennom å begrense retten til familiegjenforening samt utvide bruken av midlertidige tillatelser ved subsidiær beskyttelse.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:71 L (2020–2021).

Vedtaket er under behandling. Departementet vil bl.a. sjå nærmare på korleis andre land i Europa har regulert dette, og kva for erfaringar dei har gjort.

Plan for effektiv motarbeiding av irregulær migrasjon

Vedtak nr. 207, 7. desember 2020

«Stortinget ber regjeringen utarbeide en plan for hvordan Norge kan bidra til mer effektiv bekjempelse av irregulær migrasjon, herunder sørge for at dagens hjemmel for å henvise asylsøkere til trygge tredjeland utenfor EU brukes aktivt. Dette forutsetter samarbeidsavtaler med tredjeland som sikrer at asylsøkere behov for beskyttelse blir ivaretatt.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:71 L (2020–2021) og Lovvedtak 25 (2020–2021).

Vedtaket er under behandling.

Klarlegging av identitet

Vedtak nr. 208, 7. desember 2020

«Stortinget ber regjeringen stille de samme krav til klarlegging av identitet for permanent oppholdstillatelse og familieetablering som for statsborgerskap.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:71 L (2020–2021).

Vedtaket er under behandling. Vedtaket inneber at søkaren som hovudregel må leggje fram originalt pass eller eit anna identitetsdokument med tilstrekkeleg notoritet. Dette krev truleg lovendring. Departementet er i gang med å greie ut konsekvensane, med sikte på høyring i 2023.

Skjerping av underhaldskravet

Vedtak nr. 209, 7. desember 2020

«Stortinget ber regjeringen legge frem forslag til endringer i forskrift som sikrer selvforsørgelse gjennom en skjerping av underholdkravet samt vurdere mulig skjerping av bestemmelsen om tilknytningskravet i familieetableringssaker.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:71 L (2020–2021).

Vedtaket er følgt opp gjennom forskriftsendring 28. juni 2021, ved at stønad etter integreringslova ikkje lenger kan reknast med som registrert inntekt ved vurderinga av om underhaldskravet er oppfylt.

Høgare straff for barn som gjer gjenteken kriminalitet

Vedtak nr. 443, 18. desember 2020

«Stortinget ber regjeringen utrede om man i særlige tilfeller kan åpne for forhøyet straff ved nytt lovbrudd av samme art også for kriminelle gjengangere under 18 år.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:115 S (2019–2020) og Innst. 147 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling.

Tiltak for å auke talet på inndragingar

Vedtak nr. 446, 18. desember 2020

«Stortinget ber regjeringen i inneværende stortingsperiode legge fram tiltak og forslag til lovendringer for å øke omfanget av antallet inndragninger og gjøre det enklere for politiet å inndra verdier som er tilegnet gjennom kriminelle handlinger, både gjennom sivilrettslig inndragning og i straffesaker.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:115 S (2019–2020) og Innst. 147 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Regjeringa Solberg fremma 24. september 2021 ei rekkje forslag til endringar som bidrar til eit meir effektivt og pedagogisk regelverk om inndraging, sjå Prop. 241 L (2020–2021). Forslaga i Prop. 241 L (2020–2021) vart vedtekne av Stortinget i april 2022, jf. lov 8. april 2022 nr. 22, og tredde i kraft 1. juli 2022. Forslaga følgjer opp delar av Straffelovrådet si utgreiing NOU 2020: 10, men fleire av forslaga i utgreiinga har det ikkje vore mogleg å følgje opp no. Årsaka er at fleire av forslaga har nær samanheng med ei tilleggsutgreiing som Straffelovrådet leverte 25. mai 2021, med høyringsfrist 25. oktober 2021. Regjeringa må derfor følgje opp desse forslaga i ein eigen lovproposisjon på eit seinare tidspunkt. Sjå Prop. 241 L (2020–2021) kap. 2 og 3 for nærmare detaljar om det vidare arbeidet.

Besøks- og opphaldsforbod

Vedtak nr. 447, 18. desember 2020

«Stortinget ber regjeringen foreslå å endre straffeprosesslovens bestemmelser om besøks- og oppholdsforbud, slik at de som begår kriminalitet i bestemte områder, kan nektes å oppholde seg i en større omkrets og i et betydelig tidsrom, samt vurdere bruk av elektronisk kontroll for å håndheve dette.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:115 S (2019–2020) og Innst. 147 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Departementet har vurdert behovet for lovendringar og sendt forslag på høyring 6. september 2021 om endringar i straffeprosesslova og straffelova. I høyringsnotatet er det foreslått at påtalemakta skal kunne påleggje elektronisk kontroll (såkalla omvend valdsalarm) ved brot på besøksforbod. Det er òg vurdert visse andre justeringar i reglane for både besøksforbod etter straffeprosesslova og kontaktforbod etter straffelova. Sjå òg omtale av vedtak nr. 630 og 631, 25. april 2017, vedtak nr. 1043, 20. juni 2017 i tillegg til vedtak nr. 583, 30. mai 2022.

Straff for å la verdiane til gjengkriminelle stå i eige namn

Vedtak nr. 452, 18. desember 2020

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om tillegg til straffelovens bestemmelser om inndragning av økonomisk utbytte, slik at det innføres aktsomhetsplikt med straffansvar for dem som lar gjengkriminelles verdier, biler, leiligheter m.m. stå i sitt navn.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:115 S (2019–2020) og Innst. 147 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er følgt opp. Straffelovrådet fekk i oppdrag å undersøke behovet for ein slik regel og å gi forslag til korleis han ev. kan bli utforma. Frist for oppdraget var 1. november 2021. Straffelovrådet påpeikar at straffelova § 337 første ledd bokstav a om kvitvasking rammar bistand til å sikre utbyte av ei straffbar handling for ein annan. Det å ta vare på utbyte for ein annan eller å la slikt utbyte stå i eige namn framfor namnet til lovbrytaren er altså allereie ramma av straffelovgivinga, med simpel aktløyse som skuldkrav, jf. straffelova § 340. Dette utgjer nettopp ei slik plikt til å vise aktsemd med straffeansvar som oppmodningsvedtaket spør etter. Plikta til å vise aktsemd gjeld generelt – også ved gjengtilknyting.

Fornyingsordning for barneomsorgsattest

Vedtak nr. 627, 18. februar 2021

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med en sak om å gjeninnføre en fornyelsesordning for barneomsorgsattest.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:136 (2019–2020) og Innst. 210 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Departementet vurderer behovet for regelendringar og eventuelle andre tiltak.

Gjennomgang av barneomsorgsattestordninga

Vedtak nr. 628, 18. februar 2021

«Stortinget ber regjeringen foreta en gjennomgang av barneomsorgsattestordningen, som også innbefatter en utredning av digitale forenklingsmuligheter, en vurdering av muligheten for informasjonsdeling av gjeldende lovbrudd i andre land og en vurdering av om straffeloven § 272 og § 273 skal være en del av politiattesten.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:136 (2019–2020) og Innst. 210 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Departementet vurderer behovet for regelendringar og eventuelle andre tiltak.

Ny politihøgskule

Vedtak nr. 676, 25. februar 2021

«Stortinget ber regjeringen igangsette planleggingen av ny politihøgskole og komme tilbake til Stortinget på en egnet måte.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 29. (2019–2020) og Innst. 248 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er oppheva, jf. Prop. 115 S (2021–2022) og Innst. 450 S (2021–2022) frå finanskomiteen. Handlingsrommet i budsjetta framover er forventa å bli vesentleg redusert, samanlikna med kva ein er blitt vant til. Regjeringa har varsla at fleire store, offentlege byggjeprosjekt må reduserast i omfang eller utsetjast. Det er samstundes nødvendig å prioritere andre byggjeprosjekt i justissektoren framover framfor ny politihøgskule.

Gjenopning av arrestar

Vedtak nr. 680, 25. februar 2021

«Stortinget ber regjeringen gjenåpne de arrester der nedleggelser under politireformen har ført til at politiet i dag bruker uforholdsmessig mye tid på transport av fanger.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 29. (2019–2020) og Innst. 248 S (2020–2021) frå justiskomiteen. jf. òg Meld. St. 4 (2021–2022) og Innst. 141 S (2021–2022).

Vedtaket er følgt opp. Politidirektoratet har ikkje gjenopna arrestar som vart fasa ut i samband med politireforma, og vurderer at politiet ikkje nyttar uforholdsmessig mykje tid på transport av innsette. Det er politimeistrane sitt ansvar å nytte ressursane på best mogleg måte. Bruken av ressursane skjer etter ei heilskapleg vurdering der mange omsyn og forhold blir omhandla. Å drifte ein politiarrest krev like stor bemanning som døgnkontinuerleg drift av éin heil politipatrulje. I samband med større hendingar eller arrangement kan gamle, lokale arrestar opnast mellombels i inntil fire timar ved behov.

Nasjonalt våpenregister

Vedtak nr. 681, 25. februar 2021

«Stortinget ber regjeringen opprette et nasjonalt våpenregister som legges til Brønnøysundregistrene og til Nordland politidistrikt med forvaltning i Mosjøen.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 29. (2019–2020) og Innst. 248 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Politidirektoratet har fått i oppdrag å setje i gang eit prosjekt for ny digital våpenforvaltning der dette oppmodingsvedtaket blir teke omsyn til. Det er inngått avtale mellom Politidirektoratet og Brønnøysundregistera for å utvikle ei digital løysing. Brønnøysundregistera har starta arbeidet nytt nasjonalt våpenregister. Politidirektoratet har starta arbeidet med å etablere nytt nasjonalt våpenkontor i Mosjøen.

Jf. oppmodingsvedtak nr. 778, 23. mars 2021.

Identitetsskjerming for polititilsette

Vedtak nr. 682, 25. februar 2021

«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med forslag til ny straffeprosesslov sikre full identitetsskjerming for politiansatte.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 29. (2019–2020) og Innst. 248 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Det er til vurdering om det bør setjast ned eit utval som skal vurdere identitetsskjerming av polititilsette.

Straff for å tvinge barn til utlandet

Vedtak nr. 712, 9. mars 2021

«Stortinget ber regjeringen utrede straffeforbudet mot frihetsberøvelse i situasjoner hvor barn vil bli, eller allerede er, sendt til utlandet mot sin vilje, og fremme forslag til lovendringer som sikrer at påtvungne utenlandsopphold kan straffes.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:137 S (2019–2020) og Innst. 269 S (2020–2021) frå familie- og kulturkomiteen.

Vedtaket er under behandling. Sjå òg omtale under vedtak nr. 788, 29. mai 2018.

Nasjonal langtidsplan for beredskap

Vedtak nr. 729, 11. mars 2021

«Stortinget ber regjeringen innføre en nasjonal langtidsplan for beredskap, som ser beredskapsressursene nasjonalt og regionalt i en sammenheng og legger grunnlaget for konkrete planer for utbedringer.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 5 (2020–2021) og Innst. 275 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Oppfølging av vedtaket vil bli vurdert i lys av arbeidet til totalberedskapskommisjonen. Kommisjonen vart nemnd opp i januar 2022, og skal levere arbeidet sitt våren 2023.

Totalberedskapsutval

Vedtak nr. 730, 11. mars 2021

«Stortinget ber regjeringen etablere et fast totalberedskapsutvalg som rapporterer til regjeringen hvert år, slik at man sikrer koordinert ledelse overordnet og på tvers. Og helhetlige og koordinerte trusselvurderinger. Både beredskapsmyndigheter, samfunnets organisasjoner og næringsliv skal være representert i utvalget.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 5 (2020–2021) og Innst. 275 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Oppfølging av vedtaket vil bli vurdert i lys av arbeidet til totalberedskapskommisjonen. Kommisjonen vart nemnd opp i januar 2022, og skal levere arbeidet sitt våren 2023.

Nordisk samarbeid innan samfunnstryggleik

Vedtak nr. 739, 11. mars 2021

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med en vurdering av muligheten for tettere samarbeid med nordiske naboland knyttet til samfunnssikkerhet og beredskap, herunder felles sikkerhetsklarering, planverk på tvers av landegrensene og øvelser på tvers av landegrensene.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 5 (2020–2021) og Innst. 275 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Oppfølginga av dette arbeidet bør sjåast i samanheng med det nordiske Haga-samarbeidet som er i gang innan samfunnstryggleik. Det blir òg vist til samarbeid mellom situasjonssentra i dei nordiske landa . I Haga-samarbeidet blir det bl.a. gjennomført fellesnordiske øvinga, sivilt-militært samarbeid gjennom Haga-NORDEFCO samarbeidet, samarbeid om skog-/naturnaturbrannar, CBRNE og Nødkommunikasjon. Knytt til Haga utviklingsmål 2022 – 2024, er det i tillegg sett i verk førebuande samarbeid innan klimaendringar, tiltak etter læring fra Covid-19 og Host Nation Support, i tillegg til vidare utvikling av det sivil-militære samarbeidet (Haga-NORDEFCO) som er i gang. I lys av utviklinga i risikobiletet og erfaringane frå korona-pandemien, er de nordiske beredskapsstyresmaktene oppmoda om å gjennomgå felles avtalar, prosedyrar m.m., for å sikre at operativ støtte på tvers av grensene kan gjennomførast effektivt.

Når det gjeld spørsmålet om tryggingsklarering, finst det i dag tryggingsavtalar mellom Noreg og dei nordiske nabolanda som gjer det mogleg å utveksle gradert informasjon mellom landa, irekna å anerkjenne kvarandre sine tryggingsklareringar etter nærmare kriterium.

Sivilforsvaret

Vedtak nr. 740, 11. mars 2021

«Stortinget ber regjeringen ruste Sivilforsvaret for fremtidens samfunnsbehov gjennom å utrede utvidet grunnutdanning og sette av midler over statsbudsjettet til oppdatert utstyr og flere øvelser.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 5 (2020–2021) og Innst. 275 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er følgt opp. Sivilforsvaret er styrkt med til saman 89,8 mill. kroner i 2022, jf. Prop. 78 S (2021–2022). Dette vil bidra til å auke den operative evna til Sivilforsvaret. I tillegg til at store delar av utstyrsetterslepet er teke unna i 2021 og 2022.

Frivillige organisasjonar

Vedtak nr. 741, 11. mars 2021

«Stortinget ber regjeringen sikre at frivillige organisasjoner får dekket utgifter til abonnementskostnader for nødnetterminaler, og øke støtten til mer ressurser til utstyr og trening.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 5 (2020–2021) og Innst. 275 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er følgt opp. I Prop. 78 S (2021–2022), jf. Innst. 270 S (2021–2022) vart tilskottet til de frivillige organisasjonane i redningstenesta auka med 10,2 mill. kroner, for å dekke årlege drifts- og abonnementskostnader for 2 000 nye Nødnett-terminalar. Ein ytterlegare auke i løyvinga til meir ressursar til utstyr og trening må eventuelt vurderast i forbindelse med dei årlege budsjettframlegga.

Brann til sjøs

Vedtak nr. 742, 11. mars 2021

«Stortinget ber regjeringen styrke Redningsselskapet og gjennomgå hvordan de kan bistå brann- og redningsetaten ved brann til sjøs.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 5 (2020–2021) og Innst. 275 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Tilskotet til Redningsselskapet (RS) har hatt ein jamn og kraftig auke dei seinare åra, frå om lag 56 mill. kroner i 2013 til om lag 128 mill. kroner i 2021. Ytterlegare oppfølging av vedtaket blir vurdert.

Tilfluktsrom

Vedtak nr. 743, 11. mars 2021

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med en vurdering av hvordan eksisterende tilfluktsrom i større grad kan benyttes slik at de holdes i stand samt inngår som en del av den nasjonale beredskapen i forbindelse med for eksempel migrasjon, pandemi eller forsyningskrise.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 5 (2020–2021) og Innst. 275 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. DSB har fått i oppdrag i tildelingsbrevet for 2022 å gjennomføra eit forprosjekt der dei ser på slike forhold. Forprosjektet skal ferdigstillast innan utgangen av 2022.

Objektsikring

Vedtak nr. 745, 11. mars 2021

«Stortinget ber regjeringen forsterke fysisk sikring av prioriterte objekter på grunnlag av trusselvurderinger og ROS-analyser.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 5 (2020–2021) og Innst. 275 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er følgt opp gjennom arbeidet som er i gang med grunnleggjande nasjonale funksjonar (GNF). Dette arbeidet inkluderer bl.a. at det blir arbeidd systematisk med å leggje grunnlag for å gjennomføre nødvendig sikring av skjermingsverdige verdiar. I tillegg lagar DFØ og NSM i fellesskap ein rettleiar for utarbeiding av betre avgjerdsgrunnlag for objekt- og infrastruktursikring i investeringsprosjekt.

Kompetanseheving innanfor IKT-tryggleik

Vedtak nr. 746, 11. mars 2021

«Stortinget ber regjeringen sørge for økt kompetanseheving for ansatte i kommuner, stat og bedrifter innenfor IKT-sikkerhet.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 5 (2020–2021) og Innst. 275 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er følgt opp gjennom fleire tiltak. I Prop. 78 S (2021–2022) er det òg gitt løyving til en befolkningskampanje som NorSIS vil gjennomføre på vegne av Justis- og beredskapsdepartementet hausten 2022. Kampanjen vil mellom anna inngå i den årlege tryggleiksmånaden – Nasjonal sikkerhetsmåned, der formålet er auka engasjement, medvit og kunnskap om digital tryggleik, i befolkninga og i verksemder. Justis- og beredskapsministeren og Kommunal- og distriktsministeren har møtt over 200 kommunar, der viktigheita av digital tryggleik vart formidla, og hvor det blei vist til nasjonale oppmodingar og råd. Samtlege departement er bedt om å kartlegge sikkerhetsfaglig kompetanse. Det er verksatt eit stortingsmeldingsarbeid, hvor departementet vil sjå på oppfølginga av Nasjonal strategi for digital trygleikskompetanse som vart lansert i 2019 i tett samarbeid med Kunnskapsdepartementet. Som ei oppfølging av kommunearrangementet i februar er det gitt midlar til arbeidet med digital tryggleik i kommunesektoren, slik at kommunane skal bli i betre stand til å oppdaga, førebyggja og handtera digitale angrep. Dette inkluderer å leggja til rette for at alle kommunar er tilknytta eit handterings-/responsmiljø.

Inkludering av frivillige organisasjonar i beredskapsplanar

Vedtak nr. 748, 11. mars 2021

«Stortinget ber regjeringen sikre at politi, statsforvalter og kommuner inkluderer frivillige organisasjoner i beredskapsplaner, at disse deltar på felles øvelser, samt at politiet forpliktes til å koordinere og ivareta samvirket mellom de ulike aktørene mellom hendelsene.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 5 (2020–2021) og Innst. 275 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er følgt opp. Frivillige organisasjoner er ein sentral del av beredskapen i Norge, og dei blir inkluderte i beredskapsplanar og i øvingar. Dette blir bl.a. sikra annet gjennom Hovudredningssentralen sitt tilsyn med dei lokale redningssentralane i kvart politidistrikt, og gjennom statsforvaltaren sitt beredskapsansvar.

ADR-kontroll

Vedtak nr. 799, 13. april 2021

«Stortinget ber regjeringen utrede muligheten for å overføre myndighet til å gjennomføre ADR-kontroll til godkjente tungbilverksteder.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:106 S (2020–2021) og Innst. 311 S (2020–2021 ) frå transport- og kommunikasjonskomiteen.

Vedtaket er under behandling.

Nasjonalt eigarskap og kontroll

Vedtak nr. 814, 20. april 2021

«Stortinget ber regjeringa sikre norsk eigarskap av kritisk infrastruktur og eigedom samt nasjonal kontroll over naturressursar i nordområda.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 9 (2020–2021) og Innst. 289 S (2020–2021) frå utanriks- og forsvarskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Det er under arbeid ei melding til Stortinget som behandlar desse problemstillingane. Sjå òg vedtak 1040.

Heilskapleg gjennomgang av verjemålsordninga

Vedtak nr. 848, 27. april 2021

«Stortinget ber regjeringen foreta en helhetlig gjennomgang av vergemålsordningen og legge frem forslag til lovendringer som styrker og forbedrer den.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:77 (2020–2021) og Innst. 285 S (2020–2021) frå justiskomiteen. Sjå elles omtalen av oppmodingsvedtak nr. 899 (2017–2018) nedanfor.

Vedtaket er under behandling.

Økonomisk kompensasjonsordning for våpeneigarar

Vedtak 883, 6. mai 2021

«Stortinget ber regjeringa snarest utarbeide et forslag til ei økonomisk kompensasjonsordning for våpeneiere som blir ramma av et forbud med tilbakevirkende kraft mot enkelte våpentyper, og komme tilbake til Stortinget med dette.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:103 S (2020–2021) og Innst. 346 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er følgt opp. Det er oppretta ei ordning for mellombels destruksjonspant i perioden 2022–2024, jf. Prop. 1 S Tillegg 1 (2021–2022) og Innst. 6 S (2021–2022). Våpeneigarar som er ramma av forbodet, blir gitt ein eingongssum på 4 000 kroner per innlevert våpen, uavhengig av alder og tilstand på våpenet. Frå og med 1. juni 2024 vil det vere forbode å eige slike våpen, og ordninga fell bort.

Lovendringar som følgje av ny sivilombodslov

Vedtak nr. 928, 11. mai 2021

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om nødvendige endringer i annen lovgivning som følge av ny sivilombudslov.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 21 (2020–2021), kap. 10 og Innst. 409 L (2020–2021).

Vedtaket er følgt opp gjennom lovproposisjon i 2022.

Etablering av ny redningshelikopterbase i Tromsø og felles operasjon med helikoptertenesta til Sysselmeisteren

Vedtak nr. 983, 25. mai 2021

«Stortinget ber regjeringen starte nødvendige forberedelser som sikrer at Forsvaret overtar som operatør av redningshelikopterbasen i Tromsø når kontrakten med sivil operatør går ut.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 85 S (2020–2021) og Innst. 393 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling.

Kartlegging av tryggleikskompetanse, gjennomgang av bruken av tryggingslova og evaluering av tryggleiksforståing

Vedtak nr. 1038, 28. mai 2021

«Stortinget ber regjeringen gjennomføre og legge frem for Stortinget på egnet måte:
en kartlegging av sikkerhetskompetansen i alle departementer
en gjennomgang utført av et offentlig utnevnt ekspertutvalg av sikkerhetslovens anvendelse, herunder mulige sårbarheter, ansvarsfordeling, status for departementenes listeføring av virksomheter som helt eller delvis skal omfattes av sikkerhetsloven
en evaluering av hvordan sikkerhetsforståelse i departementene etableres og samarbeid mellom departementene blir sikret.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er behandlinga av innstillinga frå utanriks- og forsvarskomiteen om Redegjørelse av justis- og beredskapsministeren om planlagt salg av Bergen Engines AS, jf. Innst. 503 S (2020–2021).

Vedtaket er under behandling.

Stortingsmelding om nasjonalt eigarskap og kontroll over strategisk viktige naturressursar, bedrifter, infrastrukturar og teknologiar

Vedtak nr. 1040, 28. mai 2021

«Stortinget ber regjeringen legge fram en stortingsmelding om hvordan Norge kan sikre nasjonalt eierskap og kontroll over strategisk viktige bedrifter, naturressurser, infrastrukturer og teknologier.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:153 S (2020–2021) og Innst. 504 S (2020–2021) frå utanriks- og forsvarskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Det er under arbeid ei melding til Stortinget som behandlar desse problemstillingane. Sjå òg vedtak 814.

Nytt Oslo fengsel

Vedtak nr. 1041, 28. mai 2021

«Stortinget ber regjeringen på egnet måte komme tilbake til Stortinget med forslag vedrørende nytt Oslo fengsel.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:142 S (2020–2021) og Innst. 470 S (2020–2021).

Vedtaket er under behandling. For å sikre snarleg erstatningskapasitet for nokre av plassane for Oslo fengsel foreslår regjeringa å utvide Romerike fengsel, Ullersmo avdeling med netto 76 plassar. Departementet vil komme tilbake med forslag for lokalisering av nye fengselsplassar til erstatning for fengselsplassane ved Oslo fengsel.

Forfølging av narkotikalovbrot i nødssituasjonar

Vedtak nr. 1115, 3. juni 2021

«Stortinget ber regjeringen sørge for at politiet ikke straffeforfølger overtredelse av legemiddelloven § 24 første ledd, der overtreder yter assistanse eller tilkaller nødetater i akutte nødssituasjoner, eller der en slik overtredelse avdekkes hos fornærmede ved anmeldelse av andre straffbare forhold.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 92 L (2020–2021) og Innst. 612 L (2020–2021).

Vedtaket er følgt opp. Departementet har vore i dialog med Riksadvokaten, som peikar på at dei resultata Stortinget ønskjer, langt på veg følgjer av eksisterande reglar, føringar og praksis. Riksadvokaten vil klargjere dette for politiet på eigna måte.

Sperring av opplysningar i reaksjonsregisteret

Vedtak nr. 1116, 3. juni 2021

«Stortinget ber regjeringen sørge for at opplysninger i reaksjonsregisteret om personer som er ilagt strafferettslige reaksjoner for bruk og besittelse av narkotika til eget bruk, sperres etter tre år. Sperring forutsetter at det ikke er registrert flere straffbare forhold i den aktuelle perioden.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 92 L (2020–2021), Innst. 612 L (2020–2021) og Lovvedtak 148 (2020–2021).

Vedtaket er under behandling. Forslag til nødvendige regelverksendringar (endringar i politiregisterforskrifta) har vore på høyring.

Gjennomgang av praksis for tilbakekall av førarrett

Vedtak nr. 1117, 3. juni 2021

«Stortinget ber regjeringen sørge for at samfunnets reaksjoner i forbindelse med problematisk bruk av rusmidler er forholdsmessige, og kan knyttes til rusbruken. Stortinget ber regjeringen særlig gjennomgå praksis med tap av førerrett i tilfeller der man ikke ser noen sammenheng mellom personens bruk av rusmidler og føring av motorvogn.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 92 L (2020–2021), Innst. 612 L (2020–2021) og Lovvedtak 148 (2020–2021).

Vedtaket er under behandling.

Unntak frå forelding for seksuallovbrot mot barn

Vedtak nr. 1159, 7. juni 2021

«Stortinget ber regjeringen legge frem forslag til lovendringer som fjerner foreldelsesfristen for alle typer seksualforbrytelser mot barn.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:273 S (2020–2021) og Innst. 634 S (2020–2021).

Vedtaket er under behandling. Sjå òg vedtak nr. 50, 3. november 2020.

Internasjonale kriminelle organisasjonar

Vedtak nr. 1161, 11. juni 2021

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med strengere regler dersom det nye regelverket ikke i tilstrekkelig grad hindrer etableringer av internasjonale kriminelle gjenger og mafiaorganisasjoner.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 190 L (2020–2021) og Innst. 629 L (2020–2021).

Vedtaket er under behandling.

Tilgang på straffeprosessuelle tvangsmiddel

Vedtak nr. 1162, 11. juni 2021

«Stortinget ber regjeringen utrede særskilt om politiet bør gis tilgang på straffeprosessuelle tvangsmidler ut over det den foreslåtte strafferammen på tre års fengsel for deltagelse, rekruttering eller videreføring av en kriminell sammenslutning, tilsier.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 190 L (2020–2021) og Innst. 629 L (2020–2021).

Vedtaket er under behandling.

Kompensasjonsordning for tapt arbeidsforteneste for frivillige i redningstenesta

Vedtak nr. 1343, 18. juni 2021

«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med statsbudsjettet for 2022 legge frem en vurdering av om det bør innføres en kompensasjonsordning for tapt arbeidsfortjestene for frivillige som blir anmodet av nødetatene om å bistå i redningsoppdrag.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 195 S (2020–2021) og Innst. 600 S (2020–2021).

Vedtaket er under behandling. Det vil krevje ei utgreiing før ein får oversikt og kunnskap om kva eit slikt tiltak vil bety for redningstenesta, og kva utgiftene vil vere for staten. Departementet har førebels ikkje teke stilling til om ei slik utgreiing skal setjast i verk. Det er både fordelar og ulemper med å innføre ei kompensasjonsordning for tapt arbeidsforteneste for frivillige. Regjeringa ønskjer å leggje til rette for at dei frivillige organisasjonane held oppe og styrker posisjonen sin innanfor norsk redningsberedskap (sjå òg Meld. St. 10 (2016–2017)). Samstundes bør det vere eit tydeleg skilje mellom offentlege og frivillige ressursar.

1.11.3 Stortingssesjon 2019–2020

Elektroniske fraktbrev

Vedtak nr. 436, 31. mars 2020

«Stortinget ber regjeringen sikre at nye elektroniske fraktbrev som er planlagt i CRM-direktivet, gjøres obligatoriske.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 11 LS (2019–2020) og Innst. 214 S (2019–2020).

Vedtaket er under behandling.

Reklamasjonsfrist bustader

Vedtak nr. 515, 21. april 2020

«Stortinget ber regjeringen utrede om reklamasjonsfristen på nyoppførte boliger skal økes fra fem til ti år, samt konsekvensene av en eventuell utvidelse.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 25 (2018–2019), Innst. 171 S (2019–2020).

Vedtaket er under behandling.

Lovforslag for å sikre deling av registerinformasjon

Vedtak nr. 669, 10. juni 2020

«Stortinget ber regjeringen fremme nødvendige lovforslag for å sikre at relevant registerinformasjon deles mellom offentlige forvaltningsorgan for å avdekke og forhindre kriminalitet.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:88 S (2019–2020) og Innst. 342 S (2019–2020).

Vedtaket er under behandling. Eit høyringsforslag frå september 2020 om endringar i forvaltningslova m.m., som gjekk ut på å innføre nye og større grunnlag for deling mellom forvaltningsorgan av opplysningar som er omfatta av teieplikt, vart følgt opp i Prop. 166 L (2020–2021) om endringar i forvaltningslova m.m. og endringslov 18. juni 2021 nr. 127. Førebygging og avdekking av kriminalitet var sentrale omsyn som låg til grunn for forslaget. Ny § 13 g i forvaltningslova gir heimel til å gi forskrift om at teieplikt etter forvaltningslova § 13 ikkje skal vere til hinder for at bestemte organ kan dele opplysningar for å utføre oppgåver som er lagde til givar- eller mottakarorganet, og opnar dermed for å gi forskrifter om dei emna som er nemnde i vedtaket.

1.11.4 Stortingssesjon 2018–2019

Rettshjelpsordninga

Vedtak nr. 98, 4. desember 2018

«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med den pågående utredningen av rettshjelpsordningen komme tilbake til Stortinget med tiltak i oppfølgingen av denne for å gjøre ordningen betre, mer effektiv og treffsikker.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:152 S (2017–2018) og Innst. 71 S (2018–2019).

Vedtaket er under behandling. Regjeringa sette i oktober 2018 ned eit offentleg utval som skulle gjennomgå rettshjelpsordninga. Utvalet leverte ei utgreiing 30. april 2020. Utvalet foreslår ei reform av rettshjelpsordninga og ein ny lov om støtte til rettshjelp. Forslaget inneber at fleire personar vil bli omfatta av ordninga, men med betydeleg bruk av eigendelar tilpassa betalingsevna til mottakaren. Utgreiinga har vore på høyring og er no til oppfølging i departementet. Frå og med 1. januar 2022 vart inntektsgrensene for fri rettshjelp heva med ca. 30 pst.

Sjå omtale under programkategori 06.70.

1.11.5 Stortingssesjon 2017–2018

Alternativ til fengsling av barn

Vedtak nr. 539, 15. mars 2018

«Stortinget ber regjeringen utrede og legge fram forslag til flere alternativer til å fengsle barn i forbindelse med uttransportering etter utlendingsloven.»

Grunnlaget for vedtaket går fram av Prop. 126 L (2016–2017) og Innst. 181 L (2017–2018).

Vedtaket er følgt opp. Departementet sende ei utgreiing og forslag til endringar i utlendingslova på høyring i desember 2019 med frist 3. april 2020. Her vart det bl.a. foreslått reglar for meldeplikt mv. som eit alternativ til internering av barn. Departementet har følgt opp vedtaket i Prop. 137 L (2021–2022) ) «Endringer i utlendingsloven (visitasjon og undersøkelse i forbindelse med registrering av søknad om beskyttelse mv.)», sendt over til Stortinget 22. juni 2022. Det blir ikkje fremma nye lovforslag. Departementet har ikkje identifisert målretta og formålstenlege tiltak som kan tilrådast på fagleg grunnlag.

Einslege mindreårige asylsøkarar

Vedtak nr. 540, 15. mars 2018

«Stortinget ber regjeringen sørge for at det snarest etableres reelle alternativer til frihetsberøvelse av enslige mindreårige asylsøkere, som ivaretar hensynet til barnets beste.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 126 L (2016–2017) og Innst. 181 L (2017–2018).

Justis- og beredskapsdepartementet sende 18. desember 2019 på høyring ei utgreiing om alternativ til fridomskrenking av mindreårige og forslag moglege endringar i utlendingslova. I høyringa peika fleire av høyringsinstansane på at alternativa som blir skisserte, er få og til dels lite treffsikre. Det kom heller ikkje nokon nye forslag til lovendringar.

Det er ein svært høg terskel for å internere barn, og det blir gjort som ein absolutt siste utveg. I åra 2019 t.o.m. 2021 har ingen einslege mindreårige vore internert på Haraldvangen familiesenter. Samstundes må det framleis vere ein tilgang til å internere einslege mindreårige asylsøkarar i samband med uttransportering, der dette er absolutt nødvendig. Dette er òg i samsvar med dei internasjonale forpliktingane til Noreg, irekna returdirektivet. Regjeringa foreslår at vedtaket blir oppheva, jf. forslag til vedtak.

Sjå nærmare omtale under programkategori 06.90.

Tvangsreturnering av barnefamiliar

Vedtak nr. 541, 15. mars 2018

«Stortinget ber regjeringen utrede bruk av elektronisk kontroll (elektronisk fotlenke) som et alternativ til frihetsberøvelse som internering av barnefamilier som skal tvangsreturneres, slik at frihetsberøvelse av barnefamilier bare benyttes som en siste utvei når andre alternativer er utprøvd eller vurdert. Der myndighetene kommer til at frihetsberøvelse er nødvendig, etter å ha prøvd eller vurdert andre alternativer, skal frihetsberøvelsen skje på et eget barne- og familieinternat som er familie- og barnevennlig, og som ivaretar barnets behov. Det fremmes en sak for Stortinget snarest mulig.»

Grunnlaget for vedtaket går fram av Prop. 126 L (2016–2017) og Innst. 181 L (2017–2018).

Vedtaket er følgt opp. Det er etablert ei eiga barne- og familieeining (Haraldvangen) til bruk for både barnefamiliar og einslege mindreårige. Politidirektoratet gjennomførte i 2018 ei utgreiing for departementet. Departementet sende eit forslag på høyring i desember 2019 med frist 3. april 2020. Her vart det bl.a. foreslått reglar for meldeplikt m.m. som eit alternativ til internering av barn. Det vart òg gjort greie for bruk av elektronisk kontroll (elektronisk fotlenke) utan at det vart foreslått å gjennomføre. Departementet har følgt opp vedtaket i Prop. 137 L (2021–2022) Endringer i utlendingsloven (visitasjon og undersøkelse i forbindelse med registrering av søknad om beskyttelse mv.), send over til Stortinget 22. juni 2022. Det blir ikkje fremma nye lovforslag. Departementet har ikkje identifisert målretta og formålstenlege tiltak som kan tilrådast på fagleg grunnlag.

Utanlandsopphald

Vedtak nr. 788, 29. mai 2018

«Stortinget ber regjeringen foreslå tydeliggjøring av hjemler i straffeloven som holder foreldre ansvarlige dersom barn sendes på utenlandsopphold mot sin vilje.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:118 S (2017–2018) og Innst. 260 S (2017–2018) frå justiskomiteen om tiltak mot sosial kontroll og æresvald.

Vedtaket er under behandling. Eit eksternt juridisk utval har fått i oppdrag å drøfte dei samla juridiske problemstillingane i saker om negativ sosial kontroll, æresrelatert vald, tvangsekteskap, kjønnslemlesting og psykisk vald og vurdere om lovgivinga er god nok. Eit av spørsmåla utvalet skal sjå nærmare på, er korleis ein kan klargjere grensene for straffeansvaret i tilfelle der foreldre sender barn på utanlandsopphald mot barna sin vilje. Utvalet skal levere utgreiinga si 30. juni 2023.

Eige lovverk for Statens barnehus

Vedtak nr. 795, 29. mai 2018

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om et eget lovverk for Statens barnehus som sikrer ivaretakelse av hele mandatet til Statens barnehus.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:140 S (2017–2018) og Innst. 316 S (2017–2018).

Vedtaket er under behandling. NOVA/OsloMet har på oppdrag frå Politidirektoratet evaluert ordninga med barnehusa. Evalueringsrapporten var ferdig i januar 2022 og den har mellom anna sett på behovet for ei eiga barnehuslov. Anbefalingane frå NOVA/OsloMet inneber bl.a. å hente inn informasjon om erfaringar i andre land med lovfesting, og avklaring av vesentlege rettslege problemstillingar som gjeld barnehusverksemd. Departementet vil vurdere tilrådingane i evalueringsrapporten som eit ledd i arbeidet med opptrappingsplanen mot vald og overgrep mot barn og vald i nære relasjonar. Opptrappingsplanen skal ferdigstillast i 2023.

Regelverk for teieplikt, opplysningsplikt og opplysningsrett – vald og overgrep

Vedtak nr. 798, 29. mai 2018

«Stortinget ber regjeringen utrede, for så å fremme et lovforslag, for å revidere og samordne regelverket knyttet til taushetsplikt, opplysningsplikt og opplysningsrett, herunder reglene om samarbeid mellom ulike tjenester og etater, samt reglene om samtykke, slik at flere saker som gjelder vold og overgrep, vil kunne avdekkes og følges opp på en god måte.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:140 S (2017–2018) og Innst. 316 S (2017–2018).

Vedtaket er under behandling. Eit høyringsforslag frå september 2020 om endringar i forvaltningslova m.m., som gjekk ut på å innføre nye og større grunnlag for deling mellom forvaltningsorgan av opplysningar som er omfatta av teieplikt, vart følgt opp i Prop. 166 L (2020–2021) om endringar i forvaltningslova m.m. og endringslov 18. juni 2021 nr. 127. Ny § 13 g i forvaltningslova gir heimel til å gi forskrift om at teieplikt etter forvaltningslova § 13 ikkje skal vere til hinder for at bestemte organ kan dele opplysningar for å utføre oppgåver som er lagde til givar- eller mottakarorganet, og opnar dermed for å gi forskrifter om emna som er nemnde i vedtaket.

Vidare har ei utgreiing som i eit heilskapleg perspektiv tek for seg emna teieplikt, opplysningsplikt og opplysningsrett innanfor det offentlege, og som utgjer eit utkast til ei praktisk oppbygd og autoritativ rettleiing til bruk på tvers av ulike sektorar, vore på høyring. Høyringa blir følgd opp, og den endelege rettleiinga skal liggje føre hausten 2022. Det skal her slåast tydeleg fast korleis regelverket om teieplikt, opplysningsplikt og opplysningsrett skal forståast og praktiserast, og ein heilt sentral faktor som låg til grunn for dette arbeidet, var arbeidet mot vald og andre overgrep som rammar barn og unge.

Menneskerettane til utviklingshemma – verjemål

Vedtak nr. 899, 12. juni 2018

«Stortinget ber regjeringen legge frem en Stortingsmelding om sikring av utviklingshemmedes menneskerettigheter der erfaringene med vergemålsloven gjennomgås og foreslå nødvendige lovendringer som sikrer den enkelte vergetrengendes medbestemmelse og rettssikkerhet.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 377 S (2017–2018).

Vedtaket er under behandling. Arbeidet med meldinga pågår, sjå omtalen av oppmodingsvedtak nr. 894 i Prop. 1 S (2022–2023) for Kulturdepartementet. Verjemål blir behandla i meldinga i samsvar med ordlyden i oppmodingsvedtaket.

Stortinget har i tillegg bede om at regjeringa skal gjere ein heilskapleg gjennomgang av verjemålsordninga og fremme forslag til lovendringar som styrker og forbetrar ho, jf. vedtak nr. 848, 27. april 2021. Justis- og beredskapsdepartementet fremma hausten 2022 forslag til endringar i verjemålslova som tek sikte på å presisere tydinga og rekkevidda av sjølvråderetten, blant anna i lys av Noregs menneskerettslege plikter. Føremålet med endringane er først og fremst å tydeleggjere alminneleg verjemål som eit frivillig støttetiltak. Departementet held fram arbeidet med ein heilskapleg gjennomgang av verjemålsordninga.

1.11.6 Stortingssesjon 2016–2017

Korrupsjonsføresegnene i straffelova

Vedtak nr. 523, 23. mars 2017

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om endring av straffeloven som innebærer at for overtredelser av straffelovens korrupsjonsbestemmelser kan foretaket også straffes når handlingen er utført av noen som gjennom sine forbindelser med selskapet må assosieres med det. Det må vurderes straffefrihet for selskap som har gjort det de kan for å forebygge korrupsjon.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 191 L (2016–2017) frå justiskomiteen om utvida ansvar selskap har for korrupsjonshandlingar.

Vedtaket er under behandling. Justis- og beredskapsdepartementet har gitt ein fagperson i oppdrag å drøfte dei aktuelle spørsmåla og å komme med forslag til lovendringar. Rapporten vart overlevert i mai 2021 og send på høyring 12. oktober 2021, med høyringsfrist 11. januar 2022.

Omvend valdsalarm ved brot på besøksforbod

Vedtak nr. 630, 25. april 2017

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med et forslag om å utvide muligheten til å ilegge omvendt voldsalarm til blant annet til tilfeller ved brudd på besøksforbud.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 247 S (2016–2017) frå justiskomiteen om opptrappingsplanen mot vald og overgrep (2017–2021).

Vedtaket er under behandling. Departementet har vurdert behovet for lovendringar og sendt forslag på høyring 6. september 2021 om endringar i straffeprosesslova og straffelova. I høyringsnotatet er det foreslått at påtalemakta skal kunne påleggje elektronisk kontroll (såkalla omvend valdsalarm) ved brot på besøksforbod. Det er òg vurdert visse andre justeringar i reglane for både besøksforbod etter straffeprosesslova og kontaktforbod etter straffelova. Sjå òg omtale under vedtak nr. 631, 25. april 2017, vedtak nr. 1043, 20. juni 2017, vedtak nr. 447, 18. desember 2020 og vedtak nr. 583, 30. mai 2022.

Besøksforbod

Vedtak nr. 631, 25. april 2017

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake med forslag om å utvide muligheten til å ilegge besøksforbud utover ett år, og utrede muligheten for å ilegge besøksforbud med begrensninger til å bevege seg i et større geografisk område.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 247 S (2016–2017) frå justiskomiteen om opptrappingsplanen mot vald og overgrep (2017–2021).

Vedtaket er under behandling. Departementet har vurdert behovet for lovendringar og sendt forslag på høyring 6. september 2021 om endringar i straffeprosesslova og straffelova. I høyringsnotatet er det foreslått at påtalemakta skal kunne påleggje elektronisk kontroll (såkalla omvend valdsalarm) ved brot på besøksforbod. Det er òg vurdert visse andre justeringar i reglane for både besøksforbod etter straffeprosesslova og kontaktforbod etter straffelova. Sjå òg omtale under vedtak nr. 630, 25. april 2017, vedtak nr. 1043, 20. juni 2017, vedtak nr. 447, 18. desember 2020 og vedtak nr. 583, 30. mai 2022.

Omvend valdsalarm

Vedtak nr. 1043, 20. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen utrede om omvendt voldsalarm bør kunne benyttes som et straffeprosessuelt virkemiddel, og rammene for slik bruk og komme tilbake til Stortinget på egnet måte med eventuelle forslag om dette.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:108 S (2016–2017), om å styrke oppfølginga i reetableringsfasen for personar som er utsette for vald i nære relasjonar, og Innst. 475 S (2016–2017).

Vedtaket er under behandling. Departementet har vurdert behovet for lovendringar og sendt forslag på høyring 6. september 2021 om endringar i straffeprosesslova og straffelova. I høyringsnotatet er det foreslått at påtalemakta skal kunne påleggje elektronisk kontroll (såkalla omvend valdsalarm) ved brot på besøksforbod. Det er òg vurdert visse andre justeringar i reglane for både besøksforbod etter straffeprosesslova og kontaktforbod etter straffelova. Sjå òg omtale av vedtak nr. 630 og 631, 25. april 2017, vedtak nr. 447, 18. desember 2020 og dessutan vedtak nr. 583, 30. mai 2022.

1.11.7 Stortingssesjon 2015–2016

Tilsyn med drift av asylmottak

Vedtak nr. 921, 16. juni 2016

«Stortinget ber regjeringen etablere en uavhengig tilsynsordning for asylmottaksdrift.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 30 (2015–2016) og Innst. 399 S (2015–2016).

Vedtaket er følgt opp. Det er oppretta ei tilsynsordning med omsorga for einslege mindreårige som bur i asylmottak, jf. Prop. 80 L (2021–2021) og Innst. 402 L (2021–2022). Tilsynsordninga tok til å gjelde 1. juli 2022. Statsforvaltaren er tilsynsmakt, jf. utlendingslova § 95.

Utgifter fordelt på kapitler

(i 1 000 kr)

Kap.

Betegnelse

Regnskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

Pst. endr. 22/23

Administrasjon

400

Justis- og beredskapsdepartementet

615 387

628 303

651 860

3,7

Sum kategori 06.10

615 387

628 303

651 860

3,7

Rettsvesen

61

Høyesterett

122 291

125 332

128 079

2,2

410

Domstolene

2 917 986

3 000 809

2 944 602

-1,9

411

Domstoladministrasjonen

82 700

414

Forliksråd og andre domsutgifter

297 953

313 639

320 448

2,2

Sum kategori 06.20

3 338 230

3 439 780

3 475 829

1,0

Straffegjennomføring og konfliktråd

430

Kriminalomsorgen

5 349 650

5 323 174

5 412 380

1,7

431

Kriminalomsorgsdirektoratet

148 125

432

Kriminalomsorgens høgskole og utdanningssenter

190 073

202 528

225 241

11,2

433

Konfliktrådet

179 699

174 083

177 409

1,9

Sum kategori 06.30

5 719 422

5 699 785

5 963 155

4,6

Politi og påtalemyndighet

440

Politiet

20 112 985

21 866 853

20 984 874

-4,0

441

Politidirektoratet

389 156

442

Politihøgskolen

658 811

633 618

654 870

3,4

443

Påtalemyndigheten i politiet

1 432 401

444

Politiets sikkerhetstjeneste (PST)

997 872

1 308 194

1 394 781

6,6

445

Den høyere påtalemyndighet

307 522

312 974

317 319

1,4

446

Den militære påtalemyndighet

9 452

9 159

9 329

1,9

448

Grensekommissæren

5 838

5 983

6 104

2,0

Sum kategori 06.40

22 092 480

24 136 781

25 188 834

4,4

Redningstjenesten, samfunnssikkerhet og beredskap

451

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap

3 778 587

1 647 346

1 887 295

14,6

452

Sentral krisehåndtering

25 447

27 548

27 916

1,3

453

Sivil klareringsmyndighet

47 645

47 324

57 829

22,2

454

Redningshelikoptertjenesten

2 180 024

3 341 525

2 761 130

-17,4

455

Redningstjenesten

462 232

471 413

507 362

7,6

457

Nasjonal sikkerhetsmyndighet

365 091

399 485

455 224

14,0

Sum kategori 06.50

6 859 026

5 934 641

5 696 756

-4,0

Andre virksomheter

460

Spesialenheten for politisaker

54 208

59 542

61 861

3,9

466

Særskilte straffesaksutgifter m.m.

1 188 919

1 255 953

1 279 522

1,9

467

Norsk Lovtidend

8 376

9 264

8 125

-12,3

468

Kommisjonen for gjenopptakelse av straffesaker

20 284

19 485

22 864

17,3

469

Vergemålsordningen

346 754

381 824

361 886

-5,2

Sum kategori 06.60

1 618 541

1 726 068

1 734 258

0,5

Statens sivilrettsforvaltning, rettshjelp, erstatningsordninger m.m.

470

Fri rettshjelp

561 217

772 320

809 433

4,8

471

Statens erstatningsansvar og Stortingets rettferdsvederlagsordning

186 208

216 172

222 657

3,0

473

Statens sivilrettsforvaltning

541 874

480 835

509 109

5,9

475

Bobehandling

121 490

168 105

125 115

-25,6

Sum kategori 06.70

1 410 789

1 637 432

1 666 314

1,8

Svalbardbudsjettet m.m.

480

Svalbardbudsjettet

403 862

449 536

376 407

-16,3

481

Samfunnet Jan Mayen

49 193

57 103

58 120

1,8

Sum kategori 06.80

453 055

506 639

434 527

-14,2

Beskyttelse og innvandring

490

Utlendingsdirektoratet

2 074 881

2 162 263

3 376 693

56,2

491

Utlendingsnemnda

245 734

282 791

282 551

-0,1

Sum kategori 06.90

2 320 615

2 445 054

3 659 244

49,7

Sum utgifter

44 427 545

46 154 483

48 470 777

5,0

Inntekter fordelt på poster

(i 1 000 kr)

Kap./post

Betegnelse

Regnskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

Pst. endr. 22/23

Administrasjon

3400

Justis- og beredskapsdepartementet

7 798

6 944

7 152

3,0

Sum kategori 06.10

7 798

6 944

7 152

3,0

Rettsvesen

3061

Høyesterett

51

3410

Domstolene

308 043

289 464

295 897

2,2

3411

Domstoladministrasjonen

300

Sum kategori 06.20

308 094

289 464

296 197

2,3

Straffegjennomføring og konfliktråd

3430

Kriminalomsorgen

161 159

128 474

133 872

4,2

3432

Kriminalomsorgens høgskole og utdanningssenter

1 493

1 139

1 173

3,0

3433

Konfliktrådet

967

6

6

0,0

Sum kategori 06.30

163 619

129 619

135 051

4,2

Politi og påtalemyndighet

3440

Politiet

1 776 748

2 243 224

2 117 145

-5,6

3442

Politihøgskolen

30 057

27 549

28 375

3,0

3444

Politiets sikkerhetstjeneste (PST)

15 619

18 677

19 237

3,0

3445

Den høyere påtalemyndighet

2 000

Sum kategori 06.40

1 824 424

2 289 450

2 164 757

-5,4

Redningstjenesten, samfunnssikkerhet og beredskap

3451

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap

895 690

759 257

792 235

4,3

3453

Sivil klareringsmyndighet

1 750

1 750

0,0

3454

Redningshelikoptertjenesten

28 358

29 095

29 968

3,0

3455

Redningstjenesten

2 081

3457

Nasjonal sikkerhetsmyndighet

23 572

34 309

35 338

3,0

Sum kategori 06.50

949 701

824 411

859 291

4,2

Andre virksomheter

3469

Vergemålsordningen

4 407

4 499

8 550

90,0

Sum kategori 06.60

4 407

4 499

8 550

90,0

Statens sivilrettsforvaltning, rettshjelp, erstatningsordninger m.m.

3470

Fri rettshjelp

8 336

9 941

10 239

3,0

3473

Statens sivilrettsforvaltning

746

5

5

0,0

Sum kategori 06.70

9 082

9 946

10 244

3,0

Svalbardbudsjettet m.m.

3481

Samfunnet Jan Mayen

6 995

6 637

6 836

3,0

Sum kategori 06.80

6 995

6 637

6 836

3,0

Beskyttelse og innvandring

3490

Utlendingsdirektoratet

352 027

398 526

1 361 594

241,7

Sum kategori 06.90

352 027

398 526

1 361 594

241,7

Sum programområde 06

3 626 147

3 959 496

4 849 672

22,5

Fotnotar

1.

WJP (The World Justice Project) Rule of Law sine åtte dimensjonar er open forvaltning, velfungerande straffeprosess, maktfordeling mellom lovgivar, regjering og domstolar, fråvær av korrupsjon, fundamentale rettar, regulatorisk gjennomføringsevne, velfungerande sivilprosess og orden og tryggleik.

2.

Nasjonal tryggleiksundersøking skal gjennomførast årleg frå 2022, men ho er ikkje gjennomført i 2021.

3.

Bhuller mfl. 2020, Doleac 2020, Oslo Economics 2022 .

4.

Dette gjeld førstegongsinnvandringar blant personar med ikkje-nordisk statsborgarskap.

5.

Eksklusiv Tyrkia.

Til forsida