Prop. 1 S (2022–2023)

FOR BUDSJETTÅRET 2023 — Utgiftskapittel: 61, 400–491 Inntektskapittel: 3400–3490

Til innhaldsliste

Del 3
Særlege tema

3 Berekraftsmåla til FN – rapportering

Agenda 2030 med berekraftsmåla til FN vart vedteken av FN i 2015. Berekraftsmåla består av 17 hovudmål og 169 delmål og utgjer arbeidsplanen til FN for å utrydde fattigdom, kjempe mot ulikskap og stoppe klimaendringane innan 2030. Måla er universelle, dvs. at alle land har ansvar for å følgje opp måla nasjonalt. Måla skal fungere som ei felles global retning for statar, næringsliv og sivilsamfunn.

Kommunal- og distriktsdepartementet koordinerer arbeidet med nasjonal oppfølging av berekraftsmåla. I juni 2021 la regjeringa Solberg fram Meld. St. 40 (2020–2021) Mål med mening. Norges handlingsplan for å nå bærekraftsmålene innen 2030. Justis- og beredskapsdepartementet har det nasjonale koordineringsansvaret for hovudmål 16 Fremme fredelege og inkluderande samfunn for å sikre berekraftig utvikling, sørge for tilgang til rettsvern for alle og byggje velfungerande, ansvarlege og inkluderande institusjonar på alle nivå. Justis- og beredskapsdepartementet har òg ansvar for oppfølging av tiltak innanfor delmål under hovudmål 10 Redusere ulikskap i og mellom land. Justis- og beredskapsdepartementet rapporterer under på relevante delmål.

10. Redusere ulikskap i og mellom land

10.7) Leggje til rette for migrasjon og mobilitet i ordna, trygge, regelbundne og ansvarlege former, bl.a. ved å føre ein planmessig og godt forvalta migrasjonspolitikk.

Noreg har ei velfungerande migrasjonsforvaltning som fortløpande arbeider for ein tilpassa respons på utfordringar på migrasjonsfeltet.

Regjeringa støttar det pågåande arbeidet i EU med ei reform av ulike rettsakter som har som formål å førebyggje ukontrollerte sekundærrørsler og sikre jamnare fordeling av asylsøkarar i Europa. EU-landa diskuterer endringar i både Dublin-samarbeidet og andre typar asylsamarbeid. Regjeringa vurderer det slik at det i utgangspunktet er i norsk interesse at EU-landa blir samde om ein permanent og bindande fordelingsmekanisme.

Regjeringa foreslår å byggje opp ein solidaritetspott i utviklingsbudsjettet for å betre forholda for menneske på flukt og lokalsamfunna som tek imot flyktningar og fordrivne. Regjeringa vil i tillegg halde fram med å hjelpe europeiske land som er utsette for eit særleg migrasjonspress. Noreg støttar europeiske land, bl.a. ved å sende ut ekspertar gjennom asylbyrået EUAA og grense- og kystvaktbyrået Frontex. I tillegg bidrar Noreg gjennom EØS-midlane til å styrke asyl- og migrasjonsforvaltninga i land som Hellas, Romania og Bulgaria. Vi viser til omtalen av solidaritetspotten og EØS-midlane i Prop. 1 S (2022–2023) for Utanriksdepartementet.

16. Fremme fredelege og inkluderande samfunn for å sikre berekraftig utvikling, sørge for tilgang til rettsvern for alle og byggje velfungerande, ansvarlege og inkluderande institusjonar på alle nivå.

16.1) Vesentleg redusere vald i alle former og dødsfall som skriv seg frå vald i heile verda

Nasjonalt: Drapsrata i Noreg ligg stabilt på rundt 0,5 drap per 100 000 innbyggjarar. I 2021 vart det gjort 29 drap i Noreg. Sju av offera var partnar/ekspartnar, kjæraste eller tidlegare kjæraste til gjerningspersonen. Partnardrap har dei siste åra representert ein fjerdedel av alle drap i Noreg. Dei fleste drepne i denne gruppa er kvinner. Partnardrapsutvalet, i utgreiinga NOU 2020: 17 Varslede drap?, fremma ei rekkje tilrådingar som regjeringa følgjer opp. Ein permanent kommisjon vil bli sett ned for å avdekke om, i kva grad og på kva måte det har vore svikt i relevante styresmakter si handtering før desse drapa. I Noreg har vi sett ein generell nedgang i den registrerte kriminaliteten over fleire år. Innbyggjarane opplever òg at det er trygt å bu i Noreg. Fleire kvinner enn menn er urolege for vald eller truslar på bustaden. Vald og seksuallovbrot held fram med å vere ei betydeleg utfordring. Regjeringa arbeider no med ein opptrappingsplan for å førebyggje og motarbeide vald mot barn og vald i nære relasjonar. Planen skal leggjast fram i 2023.

16.2) Stanse overgrep, utnytting, menneskehandel og alle former for vald og tortur mot barn

Nasjonalt: Regjeringa la i haust fram ein handlingsplan mot sosial dumping og arbeidslivskriminalitet som bl.a. skal førebyggje menneskehandel og utnytting innan arbeidslivet. Eit tiltak i handlingsplanen er å styrke bistanden til offer for menneskehandel og tvangsarbeid, bl.a. ved å vidareføra og styrka ordninga med økonomisk tilskot til frivillige organisasjonar som hjelper utsette arbeidstakarar. Justis- og beredskapsdepartementet forvaltar ei tilskotsordning på prostitusjons- og menneskehandelsfeltet.

Internasjonalt: Noreg støttar arbeidet mot vald og overgrep mot barn gjennom Unicef og FN sin spesialrepresentant for nedkjemping av vald mot barn. I 2020 vart arbeidet med å førebyggje og oppklare straffesaker om seksualrelatert kriminalitet mot barn og unge styrkt med ei politiutsending ved ambassaden i Manila. Vern mot seksualisert og kjønnsbasert vald, spesielt mot kvinner og jenter, er høgt prioritert i den humanitære strategien til Noreg.

16.3) Fremme rettsstaten nasjonalt og internasjonalt, og sikre likskap for lova, rettstryggleik og rettsvern for alle

Nasjonalt: I 2021 vart ein ny domstolsstruktur vedteken, og dette inneber at talet på rettskrinsar vart redusert våren 2021. Våren 2022 sende regjeringa på høyring et forslag om å gå tilbake til strukturen frå før 2021 for å sikre innbyggarar over heile landet god rettssikkerheit og tilgjengelege tenester. Høyringa er no til oppfølging i departementet.

I 2022 vart inntektsgrensene for fri rettshjelp auka med ca. 30 pst., slik at fleire no er omfatta av ordninga. Videre følger departementet opp utgreiinga frå Rettshjelpsutvalet. I utgreiinga foreslår utvalet ei ny lov om støtte til rettshjelp i staden for den noverande ordninga med fri rettshjelp. Det inneber at fleire personar vil bli omfatta av ordninga, men med ein betydeleg bruk av eigendelar tilpassa betalingsevna til mottakaren.

Internasjonalt: Noreg samarbeider med aktørar i sivilt samfunn, som International Commission of Jurists, som fremmar rettstryggleik for menneskerettsforsvararar.

16.4) Innan 2030 oppnå ein vesentleg reduksjon av ulovlege finans- og våpenstraumar, gjere det enklare å spore opp og returnere stolne eigedelar og motarbeide alle former for organisert kriminalitet, og 16.5) Vesentleg redusere korrupsjon og bestikkingar i alle former

Nasjonalt: Dei siste åra har det blitt lagt meir vekt på å hindre og kjempe mot ulovlege pengestraumar. Ny teknologi og nye betalingstenester gjer det vanskelegare å avdekke slik kriminalitet. I løpet av 2022 vil det publiserast ei ny nasjonal risikovurdering om kvitvasking og terrorfinansiering, som gir eit oppdatert kunnskapsgrunnlag på området. Regjeringa ønsker å legge fram ei stortingsmelding om innsats mot økonomisk kriminalitet i Noreg, som kan bidra til politikkutvikling på området. Eit ope og gjennomsiktig samfunn bidrar vesentleg til å førebyggje korrupsjon, og tiltak for å sikre openheit om kva fysiske personar som eig og/eller kontrollerer selskap, er viktig i så måte. Lov og forskrift om register over reelle rettshavarar er vedtekne, og det blir arbeidd med å skipe registeret.

Sjølv om korrupsjon førekjem i Noreg, har han ikkje vore eit stort samfunnsproblem. Institusjonar sin integritet er verna ved offentleglova, forvaltningslova og spesiallover for dei enkelte institusjonane. Medvitsgjering, transparens, nulltoleranse og straffetrussel kombinert med aktive tilsynsstyresmakter og effektiv rettshandheving er viktige føresetnader for førebygging og kamp mot korrupsjon i Noreg.

Internasjonalt: Gjennom deltaking i UNODC (FN sitt kontor mot narkotika og kriminalitet), generalforsamlinga i FN, det økonomiske og sosiale rådet til FN (ECOSOC), Financial Action Task Force (FATF), utviklingsbankane, OECD og andre forum, arbeider Noreg for å styrke internasjonale normer, standardar og operative tiltak for å førebyggje og nedkjempe korrupsjon, bestikkingar, skatteunndraging, kvitvasking og ulovleg kapitalflyt. Dette gjelder særleg ulovlege finansstraumar i offentleg og privat sektor på tvers av landegrenser. Rapporten frå FN sitt høgnivåpanel for finansiell ansvarlegheit, openheit og integritet (FACTI-panelet) vart lagd fram i februar 2021. Generalforsamlinga i FN sin spesialsesjon mot korrupsjon og den niande statspartskonferansen for FN konvensjonen mot korrupsjon var viktige milestolpar i 2021. Støtta til fagleg samarbeid for å nedkjempe korrupsjon og fremme godt styresett har auka.

16a: Styrke relevante nasjonale institusjonar, bl.a. gjennom internasjonalt samarbeid, med sikte på å byggje kapasitet på alle nivå, særleg i utviklingsland, for å førebyggje vald og motarbeide terrorisme og kriminalitet

Internasjonalt: Norsk politi og anna personell frå justissektoren deltek i internasjonale fredsoperasjonar i land som har behov for støtte til på ny å opprette ein normal samfunnsstruktur etter krig og konflikt. Norsk politi deltek for tida i FN sine fredsoperasjonar og politiske oppdrag i Sudan, Sør-Sudan og Colombia. Der bidrar dei til å byggje opp kapasitet i lokalt og nasjonalt politi og dessutan til å verne sivile. Norge deltok inntil midten av 2022 òg i FN sin operasjon i Mali, der Noreg hadde ansvar for eit spesialisert polititeam med mål å auke malisk politi sin kompetanse på åstadgransking. Dette har bidrege til å styrke styresmaktene sin kamp mot organisert kriminalitet og terrorisme. Norsk politi bidrar videre med kurs og instruktørstøtte. Overordna prioriteringar for innsatsen er å bidra til å auke kvinneandelen, støtte utviklinga av FN-politiets arbeidsmetodar og samarbeide med andre bidragsytande land.

Sidan etableringa i 2015 har Noreg tatt del i eit formelt nordisk nettverk med formål om å tryggje effektiv informasjonsutveksling og erfaringsbasert læring mellom dei nordiske land om førebygging av valdeleg ekstremisme. Dette inkluderer utveksling av kunnskap om trendar, førebyggingsmetodar og målretta tiltak. Noreg vil halde fram med å bidra aktivt inn i nettverket. Noreg er òg med i EU Internet Forum, der fjerning av ekstremistisk innhald på nett er eitt av to hovudtema. Sidan 2021 har Noreg sitt medlemsskap i FN sitt tryggingsråd gitt oss høve til å påverke den internasjonale behandlinga av viktige tema på kontraterrorfeltet.

Handlingsplan mot radikalisering og valdeleg ekstremisme vart i 2020 revidert med nye og justerte tiltak og er under oppfølging. Handlingsplanen inneheld bl.a. tiltak for styrking av førstelinja sitt arbeid på feltet, som t.d. ei ordning med radikaliseringskontaktar i politidistrikta og i kriminalomsorga. Dessutan etablering av ein nasjonal ressurs- og rettleiingsfunksjon innan førebygging og handtering av radikalisering og valdeleg ekstremisme ved dei regionale ressurssentera om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS). RVTS har bl.a. vidareutvikla nettressursen utveier.no, som kan brukast av alle som søker kunnskap om fenomenet radikalisering og om arbeidet på feltet. I den internasjonale innsatsen for førebygging og kamp mot valdeleg ekstremisme er inkludering ein gjennomgåande prioritet. Noreg er engasjert for å bidra til at FN og regionale aktørar sine fredsoperasjonar inkluderer fleire kvinner og sikrar rettane til menn- og kvinner.

4 Likestilling

Under følgjer ei omtale av og oversikt over arbeidet med likestilling i Justis- og beredskapsdepartementet og dei underliggjande og tilknytte etatane. Vi viser òg til årsrapportane for etatane.

4.1 Justis- og beredskapsdepartementet

Tabell 4.1 Oversiktstabell for departementet

År

N

Kjønnsbalanse (pst.)

Lønna til kvinner i pst. av lønna til menn

Deltid (pst.)

Legemeldt fråvær (pst.)

M

K

M

K

M

K

2022

376

34

66

96,6

1,6

2,4

_

_

2021

374

37

63

97,7

0,3

1,4

_

_

2020

377

37

63

99,4

0,7

3,0

0,5

4,2

20191

377

37

63

96,8

1,4

3,8

1,2

4,4

1 Tala for 2022 er frå DFØ per 1. feb.22

Tabell 4.2 Fordeling av stillingar 2021 og 2022

Februar 2021

Februar 2022

Kvinner

Menn

Kvinner

Menn

Dep.råd og eksp.sjef

3

7

3

7

Avdelingsdirektør

24

16

23

14

Seksjonssjef

2

1

Direktør

1

Fagdirektør

26

17

29

19

Underdirektør

1

3

Spesialrådgivar

2

3

2

3

Lovrådgivar

14

5

14

5

Prosjektleiar

2

1

Utgreiingsleiar

21

3

38

8

Seniorrådgivar

94

52

86

48

Rådgivar

36

22

32

20

Seniorkonsulent

8

10

Førstekonsulent

6

9

10

2

Konsulent

Sum

237

139

249

128

Talet inkluderer både tilsette lønte på kap. 400 og dei som er lønte over andre kapittel under Justis- og beredskapsdepartementet.

DFØ per 1. feb. 2021 og 2022.

Oversikta viser at delen av kvinner i departementet har auka til 66 pst. i 2021 frå 63 pst. i 2020. Delen kvinner på mellomleiarnivå har auka til 63 pst. i 2021 frå 60 pst. i 2020. På høgaste leiarnivå er kvinner framleis underrepresenterte, med 3 kvinner mot 7 menn, uendra frå 2020. I stillingar som fagdirektør er delen kvinner 60 pst. i 2021, uendra frå 2020.

Departementet har fleire kvinner enn menn i saksbehandlarstillingar som seniorrådgivar og rådgivar. Hos dei som har stillingskoden utgreiingsleiar er det framleis stor overvekt av kvinner: 83 pst. Blant seniorrådgivarar er delen kvinner 64 pst. i 2021 og uendra frå 2020. Delen kvinnelege rådgivarar er framleis 62 pst. i 2021 som i 2020. I førstekonsulentstillingar er det 83 pst. kvinner i 2021, auka frå 40 pst. i 2020.

Tabell 4.3 Lønn (i 1 000 kroner)

Februar 2021

Februar 2022

Kvinner

Menn

Kvinner

Menn

Dep.råd og eksp.sjef1

1589

1420

1604

1447

Avdelingsdirektør

1025

991

1069

1031

Seksjonssjef

844

865

Direktør

990

Fagdirektør

809

836

863

849

Underdirektør

770

785

Spesialrådgivar

1 168

1 181

1195

1245

Lovrådgivar

896

861

959

950

Prosjektleiar

875

1360

Utgreiingsleiar

728

850

765

790

Seniorrådgivar

668

704

690

734

Rådgivar

561

560

587

563

Seniorkonsulent

585

-

623

Førstekonsulent

511

511

513

513

1 Tala for 2021 inkluderer lønnsauken frå 1. jan. 2021.

DFØ per 1. feb. 2021 og 1. feb. 2022

Skilnadene i lønn på toppleiarnivå er i nokon grad knytt til tyngda til stillinga, dvs. ansvar, omfang og kompleksitet jf. leiarlønssystemet.

Justis- og beredskapsdepartementet er oppteke av å ha mest mogleg lik kjønnsbalanse i alle stillingar og lik lønn for samanliknbare stillingar.

Det er nokre fleire kvinner enn menn som arbeider deltid. Bruk av deltid er i stor grad knytt til omsorgspermisjonar. Det legemelde sjukefråværet er 2,9 pst. samla for kvinner og menn.

Ved tilsetjingar i ledige stillingar skal minst éin kvalifisert søkar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV-en kallast inn til intervju. Dette skal omtalast i innstillinga.

Justis- og beredskapsdepartementet hadde ein måloppnåing på 8,9 pst. for 2021 i den statlege inkluderingsdugnaden. Det er høgare enn det overordna mål på 5 pst. og auka frå 2 pst. i 2020.

Sjølv om inkluderingsdugnaden ikkje er gjeldande i 2022 så fortset arbeidet med å bygge ein organisasjonskultur som fremmar og anerkjenner mangfald.

Justis- og beredskapsdepartementet samarbeider med representantane til dei tilsette i det løpande arbeidet med å fremme likestilling og hindre diskriminering i departementet. Det er fastsett i lønnspolitikken til departementet at vi ikkje skal ha ugrunna skilnader i lønn. Likestillingsperspektivet skal takast omsyn til både ved tilsetjingane og ved forhandlingane om lønn, og alle tilsette skal ha lik moglegheit for utvikling i lønn. Ved gjennomføring av forhandlingane om lønn kartlegg departementet lønn bl.a. fordelt etter kjønn. Likestilling er vidare omtalt i tilpassingsavtalen til Hovudavtalen i staten. I 2022 vart det gjennomført ein lønnsanalyse der resultatet vart at ein fekk retta opp i grunnlause lønnsskilnader. Departementet gjennomfører jamleg ein ROS-analyse på likestillings- og diskrimineringsfeltet i samarbeid med dei tilsette sine representantar, medrekna arbeidsmiljøutvalet. På bakgrunn av analysen fastset ein konkrete tiltak i samarbeid med representantane.

Departementet gjennomfører årlege ROS-analysar på HMS-området for å undersøke det fysiske og psykososiale arbeidsmiljøet i verksemda, irekna risikoen for mobbing og trakassering. Medarbeidarundersøkingar der også slike spørsmål blir tekne opp, blir gjennomførte jamleg. På bakgrunn av eit leverandørbyte vart ikkje medarbeidarundersøkinga gjennomført i perioden 2020-2021.

4.2 Domstoladministrasjonen

År

N

Kjønnsbalanse (pst.)

Lønna til kvinner i pst. av lønna til menn

Deltid (pst.)

Mellombelse stillingar (pst.)

Legemeldt fråvær (pst.)

M

K

M

K

M

K

M

K

2021

2078

36,7

63,3

74,5

2,9

8,5

11,2

13,8

2,4

4,9

2020

2062

37,2

62,8

74,2

2,6

9,4

11,2

12,1

2,2

4,5

2019

2002

36,3

63,7

73,9

3,3

10,3

9,0

10,0

2,2

4,8

2018

2048

36,2

63,8

72,4

2,9

10,9

8,3

8,6

2,1

4,6

2017

2073

36,5

63,5

71,3

2,8

12,2

7,7

7,0

2,1

4,8

Per 31. desember 2021 var det 2 078 tilsette i domstolane. Dette svarte til 2025 årsverk. Det er ei overvekt av kvinnelege tilsette i Domstoladministrasjonen og i domstolane. Dette kjem i hovudsak av at kvinner er overrepresenterte i saksbehandlarstillingar, som utgjer om lag halvparten av talet på medarbeidarar i domstolane. Utskiftinga i administrative stillingar i domstolane er relativt låg. Ei endring i kjønnsfordelinga vil derfor ta tid, uavhengig av kva for nokre tiltak som blir sette i verk. Domstolane prioriterer balansert kjønnsfordeling i arbeidet med rekrutterings- og personalpolitikken. Bruken av deltidsstillingar er stabil og følgjer hovudsakleg av ønska til dei tilsette om redusert stilling i ein periode.

Av statistikken ser det ut som at bruken av mellombelse stillingar samla sett har auka litt i 2021. Dette kjem i hovudsak av at det vart oppdaga at fleire dommarfullmektigar (mellombelse stillingar jf. domstollova § 55 g) tidlegare feilaktig var registrerte som faste tilsette i lønnssystemet. Dette vart korrigert i 2021. Det vart òg tilsett fleire lærlingar i verksemda i 2021 enn i føregåande år.

Det legemelde sjuke fråværet er stabilt og lågt, med ein liten auke i 2021 som blir anteken å komme av koronarelatert sjukdom. Lønnsskilnadene mellom kvinner og menn må sjåast i samanheng med at kvinner er overrepresenterte i saksbehandlarstillingar, og at menn er overrepresenterte i dommarstillingar, som er vesentleg høgare lønte.

4.3 Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI)

År

N

Kjønnsbalanse (pst.)

Lønna til kvinner i pst. av lønna til menn

Deltid (pst.)

Mellombelse stillingar (pst.)

M

K

M

K

M

K

2021

4 934

53

47

98

4

11

2

4

2020

4 897

54

46

97

4

12

1

1

2019

4 935

55

45

98

4

11

1

1

2018

5 047

55

45

97

6

19

6

6

KDI

Talet på tilsette omfattar òg aspirantar ved KRUS. I tala på lønn, deltid og mellombelse stillingar er aspirantar haldne utanfor.

Kjønnsfordelinga blant tilsette i kriminalomsorga var 47 pst. kvinner og 53 pst. menn i 2021. Dette er ein auke på 1 prosentpoeng samanlikna med 2020. Det er fleire kvinner enn menn som arbeider deltid. Dei deltidstilsette utgjer om lag 7 pst. av dei tilsette. Delen tilsette i kortvarige stillingar auka i åra fram til 2015, men har gått ned dei siste åra. Den gjennomsnittlege månadslønna til kvinner utgjer om lag 98 pst. av lønna til menn. Kjønnsfordelinga blant aspirantar ved Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS var 54 pst. menn og 46 pst. kvinner i 2021.

Kriminalomsorga har som mål å oppnå ein del av kvinner i leiarstillingar på minimum 40 pst. KDI, KRUS og to av fem regionar oppnådde målet i 2021. Kriminalomsorga legg vekt på balansert kjønnsfordeling ved tilsetjingar. I 2020 utarbeidde Kriminalomsorgsdirektoratet ny rutine og nye rettleiingar for handtering av konfliktar og trakassering og nye etiske retningslinjer.

Kriminalomsorga har som mål å auke mangfaldet blant dei tilsette i etaten. I 2021 hadde om lag 8,6 pst. av aspirantane ved KRUS ein annan kultur- og språkkompetanse enn norsk og engelsk. Kriminalomsorgsdirektoratet har eit mål om at minst 10 pst. av aspirantane skal ha ein slik kompetanse.

4.4 Sekretariatet for konfliktråda (Sfk)

År

N

Kjønnsbalanse (pst.)

Lønna til kvinner i pst. av lønna til menn

Deltid (pst.)

Mellombelse stillingar (pst.)

Legemeldt fråvær (pst.)

M

K

M

K

M

K

M

K

2021

148

28

72

96,6

4

9

20,1

16

3

6,4

2020

143

29

71

99,0

4,8

3,0

11,9

9,9

3,1

7,3

2019

142

41

59

101,2

0

3,5

5,6

9,8

3,1

3,6

2018

128

29

71

102,6

0

11

27,0

15,0

8,2

2,9

2017

134

27

73

103,3

0

8,9

16,2

18

4,1

6,8

Sfk

31. desember 2021 utgjorde bemanninga i konfliktrådet 148 årsverk, med 148 tilsette. Kvinner er overrepresenterte blant dei tilsette. Sekretariatet blir leidd av ein kvinneleg direktør. I leiargruppa til Sfk er det tre menn og to kvinner. Ved årsskiftet var to konfliktrådsleiarar under rekruttering, og det var derfor berre elleve konfliktrådsleiarar. Av desse var åtte kvinner og to menn. Sfk har som mål å ha eit inkluderande arbeidsmiljø der medarbeidarane speglar mangfaldet i befolkninga med tanke på kjønn, funksjonsevne og etnisk bakgrunn. Dette blir spegla i stillingsannonsane til verksemda. Menn har blitt oppmoda om å søke ved nokre rekrutteringar for å fremme likestilling blant kjønna.

Som offentleg styresmakt arbeider konfliktrådet for at det skal vere god og lett tilgang til tenestene, for alle innbyggjarar uansett alder, etnisitet, bakgrunn og geografisk plassering. Dette blir bl.a. gjort gjennom mangfaldsrekruttering av meklarar, gjennom rettleiing og opplæring av meklarar og gjennom bevisst representativitet i kommunikasjonsmaterialet som verksemda lagar for brukarane. I det lønnspolitiske dokumentet for organisasjonen er det òg teke omsyn til likebehandling mellom kjønna, og det er etablert etiske retningslinjer som bidrar til å motarbeide diskriminering.

4.5 Politiet

År

N

Kjønnsbalanse (pst.)

Lønna til kvinner i pst. av lønna til menn

Deltid (pst.)

Mellombelse stillingar (pst.)

Legemeldt fråvær (pst.)

M

K

M

K

M

K

M

K

2021

18 920

53

47

97,5

1,2

5

4,6

5,2

2,7

6,1

2020

18 540

54

46

97

0,8

4,9

4,3

4,7

2,6

5,8

2019

17 758

54

46

96,7

1,0

5,5

1,8

2,4

2,6

5,8

2018

17 626

54

46

96,3

0,9

6,0

2,3

3,2

2,6

5,7

2017

17 242

54

46

96,1

0,9

7,6

3,5

4,3

2,6

5,8

2016

16 595

55

45

95,1

1

8,7

2,3

3,6

2,3

5,5

Tabellen omfattar Politidirektoratet og alle underliggjande einingar og er basert på data frå personal- og lønnssystemet i etaten. Tala omfattar ikkje timelønte medarbeidarar, medarbeidarar på pensjonistvilkår, eksterne, medarbeidarar i permisjon utan lønn eller tilsette i Politiets tryggingsteneste (PST).

Kjønnsbalanse: prosent av tilsette som får lønn, inkludert medarbeidarar i foreldrepermisjonar (ikkje årsverk).

Lønn: berekna av gjennomsnittleg grunnlønn per månad for alle tilsette (eksklusiv faste tillegg). Lønn for deltidstilsette er omrekna tilsvarande 100-pst.-stilling.

Deltid: omfattar ikkje medarbeidarar i delvis omsorgspermisjon.

Mellombelse: Tala for tidlegare år er endra som følgje av at vikarar tidlegare var tekne med i berekningane. Ein del fast tilsette er mellombelse i ei anna stilling og kan vere koda som mellombelse.

Kvinner ligg noko under menn i gjennomsnittleg lønn, men det har vore ein gradvis nedgang i ulikskapen sidan 2015, på 0,5 prosentpoeng det siste året. Lønnsskilnader kan bl.a. forklarast ut frå variablar som ansiennitet, turnover og type stillingar, då det er fleire menn i leiarstillingar. Det er behov for gode analysar for å kunne fastslå årsakene. Det er ein betydeleg auke i delen tilsette i mellombelse stillingar samanlikna med tidlegare år. Ei av årsakene til dette er at medarbeidarar i de 400 covid-19 stillingane i stor grad framleis er mellombels tilsette.

Opptaket til PHS i 2021 viste den høgaste delen av kvinnelege søkarar gjennom tidene, med 60 pst., opp frå 54,6 pst. i 2019. Det er venta at god kjønnsbalanse på Politihøgskolen vil bidra til fleire kvinnelege leiarar i etaten på sikt. For å få fleire kvinner til å satse på leiing er det viktig med gode rollemodellar. Delen kvinnelege toppleiarar i distrikta per 31. desember 2021 var 50 pst.

I den overordna planen for kjønnsbalanse i leiarstillingar er det sett mål om 30 pst. kvinnelege leiarar i politistillingar og 40 pst. kvinnelege leiarar totalt innan 2022. Alle distrikt og særorgan har utarbeidd eigne tiltak som blir følgde opp lokalt, for å nå målsetjinga. Eit resultat av dette arbeidet er ein jamn auke av kvinner i leiarstillingar dei siste åra. Per 31. desember 2021 var delen kvinnelege leiarar totalt 37 pst., medan delen i politistillingar var 25 pst., opp frå 16 pst. i 2015. Ein konsekvens av pandemien for arbeidet med likestilling i politiet kan vere at det vart avlyst fleire kurs på Politihøgskolen for å utdanne innsatspersonell, der det er eit mål om å auke delen kvinner. Fleire tiltak er òg utsette pga. omprioritering av oppgåver under pandemien. Det er starta eit arbeid for å betre kjønnsbalansen i operative stillingar, og det er starta to forskingsprosjekt på det same temaet.

I etterkant av undersøkinga om uønskt seksuell merksemd i politiet har politidistrikt og særorgan arbeidd lokalt og utarbeidd handlingsplanar med tiltak. Politidirektoratet følgjer opp i styringsdialog og resultatavtalar og gjennom HMT-leiarnettverk. Dei første tiltaka var dilemmatrening i alle einingar og obligatorisk gjennomføring av etiske retningslinjer gjennom e-læring. Ei breitt samansett nasjonal arbeidsgruppe har utarbeidd overordna tiltak som omhandlar leiarutvikling og -opplæring med merksemd på konkret handtering av trakasseringssaker og på systematisk arbeid med å utvikle eit trygt arbeidsmiljø. Politidirektoratet har revidert rutinar og prosedyrar og har ei temaside på intranettet med verktøy for å arbeide med eit trygt arbeidsmiljø. I 2021 vart det lansert ei haldningskampanje retta mot leiarar og alle medarbeidarar som skal medverke til bevisstgjering og førebygging. Arbeidet vil følgast opp av ei ny kartlegging i 2022.

Sjukefråværet har auka noko til om lag 6 pst. for kvinner og 2,7 pst. for menn. Auken kan komme av pandemien, men det finst det ikkje gode nok data om.

4.6 Den høgare påtalemakta

År

Talet på tilsette

Kjønnsbalanse (pst.)

Lønna til kvinner i pst. av lønna til menn

Deltid (pst.)

Mellombelse stillingar (pst.)

Legemeldt fråvær (pst.)

M

K

M

K

M

K

M

K

2021

217

37,3

62,7

72,5

1,2

7,4

14,8

13,2

0,0

5,6

2020

216

37

63

70,4

1,3

9,6

16,3

16,9

1,1

4,2

2019

209

37,3

62,7

68,6

2,6

9,9

12,8

12,2

2,7

2,2

2018

204

37,7

62,3

67,5

1,3

9,4

13

13,4

2,1

3,4

Stillingskategoriane i Den høgare påtalemakta er embetsmenn og administrativt tilsette. Lønna til embetsmennene er høgare enn lønna til administrativt tilsette. Vidare er dei fleste av dei administrativt tilsette kvinner, noko som gjer lønna at til kvinner i prosent av lønna til menn verkar som låg når begge stillingskategoriane blir slått saman.

Stillingskategorien embetsmenn omfattar riksadvokaten, assisterande riksadvokat, førstestatsadvokatar og statsadvokatar. Blant statsadvokatane er det 44,7 pst. kvinner og 55,3 pst. menn. Det blir praktisert likelønn i denne stillingskategorien, og lønna til kvinner er 97,6 pst. av lønna til menn. Det er framleis flest førstestatsadvokatar/embetsleiarar som er menn.

Trenden er likevel ei utjamning i kjønnsbalansen. Av dei statsadvokatane som no går av med pensjon, er det flest menn, og nye tilsetjingar er meir balanserte med omsyn til kjønn. Dei siste åra har det blitt tilsett fire kvinnelege embetsleiarar. Frå 2018 til 2021 har det auka frå 8 til 11 kvinnelege embetsleiarar. I denne stillingskategorien utgjer løn til kvinner 99 pst. av mannens løn.

4.7 Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB)

År

N

Kjønnsbalanse (pst.)

Lønna til kvinner i pst. av lønna til menn

Deltid (pst.)

Mellombelse stillingar (pst.)

Legemeldt fråvær (pst.)

M

K

M

K

M

K

M

K

2021

641

56,4

43,6

96,4

4,6

10,6

1,6

4,2

2,8

4,9

2020

631

56,1

43,9

94,5

3,1

12,3

0,5

1,5

3,1

4,5

2019

661

55,8

44,2

95,6

1,5

6,2

3,2

2,2

2,4

4,3

2018

667

56,4

43,6

94,1

2,2

8,7

1,9

1,3

2,9

5,5

2017

684

56,4

43,6

94,0

2,9

9,6

2,4

1,9

2,1

2,4

2016

639

56,6

43,4

91,5

1,9

6,7

2,5

2,4

2,1

2,6

DSB

Blant leiarar i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) i 2021 utgjer kvinner totalt 38 pst., mot 34 pst. i 2020. Det er i dag stor skilnad innanfor dei ulike leiarnivåa, med 60 pst. kvinnedel på direktørnivå, mot 35 pst. kvinnedel i mellomleiarsjiktet.

I mellomleiarsjiktet finn vi dei tradisjonelt mannsdominerte delane av verksemda med sivilforsvarsdistrikt og regionskontor innanfor eltryggleik. Her er berre 5 av 25 leiarar kvinner, og rekrutteringsgrunnlaget består i hovudsak av menn.

DSB jobbar for likestilling og ei balansert kjønnssamansetning gjennom rekrutteringsprosessar, og direktoratet legg særleg vekt på at kunngjeringstekstane skal utformast slik at verksemda kan tiltrekkje seg begge kjønn og samstundes stimulere til betre mangfald i verksemda. DSB arbeider for likelønn mellom kjønna og for å redusere uønskte skilnader i lønn mellom nytilsette og tilsette som har arbeidd i DSB i fleire år. Likelønnsprinsippet er nedfelt i DSBs lønnspolitiske dokument.

4.8 Sivil klareringsmyndigheit (SKM)

År

N

Kjønnsbalanse (pst.)

Lønna til kvinner i pst. av lønna til menn

Deltid (pst.)

Mellombelse stillingar (pst.)

Legemeldt fråvær (pst.)

M

K

M

K

M

K

M

K

2021

42

33,3

66,7

90,2

0

0

0

3,6

0,0

2,51

2020

34

35,3

64,7

89,2

0

0

8,8

5,9

0,01

2,88

2019

33

30,3

69,7

88,7

0

0

6,1

0

0,41

1,27

2018

27

33,3

66,7

86,4

0

0

11

4

0,10

0,75

SKM

Mot slutten av 2021 var det kjønnsbalanse i leiargruppa i Sivil klareringsmyndigheit (SKM), som bestod av to kvinner og to menn. Per 31. desember 2021 var 68 pst. av dei tilsette kvinner og 33 pst. var menn. Lønna til kvinner i prosent av lønna til menn har auka frå 2020 til 2021.

I kunngjeringstekstane har verksemda alltid med ei mangfaldserklæring, men SKM har ikkje aktivt oppfordra kandidatar av eit bestemt kjønn om å søke. Kjønnsbalanse har likevel vore eitt av fleire element som har vore vurdert i rekrutteringsprosessar.

I lønnspolitikken til verksemda er det eit mål at tilsette skal få lik lønn for arbeid av lik verdi, og at kvinner og menn skal ha lik lønnsutvikling. Lønns- og personalpolitikken skal medverke til at alle arbeidstakarar har moglegheit for karrieremessig utvikling, uavhengig av kjønn. Samstundes skal lønn og stillingskode spegle innhald, ansvar, kompleksitet og krav til kompetanse og resultat i stillinga.

Likestilling vil vere eit sentralt tema i utviklinga av livsfasepolitikken til SKM.

4.9 Hovudredningssentralen (HRS)

År

N

Kjønnsbalanse (pst.)

Lønna til kvinner i pst. av lønna til menn

Deltid (pst.)

Mellombelse stillingar (pst.)

Legemeldt fråvær (pst.)

M

K

M

K

M

K

M

K

2021

54

81,5

18,5

76,6

0

0

1,9

1,9

0,9

0,3

2020

53

79,2

20,8

69,3

0

0

0

1,9

1,9

2,5

2019

54

79,7

20,3

73,1

0

0

0

1,9

1

4,2

2018

53

80,9

19,1

75,7

0

0

0

0

2,7

2,5

2017

48

83,3

16,7

66,7

0

0

0

0

1

2,8

2016

48

83,3

16,7

66,7

0

0

0

0

1

2,8

HRS

Av sju leiarar ved Hovudredningssentralen var seks menn ved utgangen av 2021. Ved nyrekruttering blir kvalifiserte kandidatar med ulik utdanning og arbeids- og livserfaring alltid oppmoda til å søke stillinga. Det blir likevel ikkje praktisert noka form for kvotering. Til stillingane som redningsleiar er det eit krav om såkalla operativ erfaring. Dette inneber at kandidatane ofte kjem frå mannsdominerte yrke, som Forsvaret, politiet eller sivil luft- og sjøfart. HRS har ei forventning om at prosentdelen kvalifiserte kvinnelege søkarar vil auke i takt med at kvinneprosenten aukar i dei nemnde sektorane.

4.10 Nasjonalt tryggingsorgan (NSM)

År

N

Kjønnsbalanse (pst.)

Lønna til kvinner i pst. av lønna til menn

Deltid (pst.)

Mellombelse stillingar (pst.)

Legemeldt fråvær (pst.)

M

K

M

K

M

K

M

K

2021

322

66,1

33,9

93,3

2,9

3,4

12,0

15,2

1,9

4,3

2020

297

64,8

35,2

92,1

4,7

1,7

4,4

3,8

1,81

5,57

2019

295

68,1

31,9

92,3

4,7

1,3

2,1

2,5

3,55

8,33

2018

289

68,5

31,5

94,3

2,4

2,4

2,8

3,5

3,0

7,5

Ved utgangen av 2021 var 33,9 av dei tilsette i Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) kvinner. I leiargruppa var 22 pst. kvinner. I mellomleiarsjiktet (kontorsjef og seksjonsleiarstillingar) var 21,9 pst. av dei tilsette kvinner.

NSM har som målsetjing å vere ein attraktiv arbeidsgivar for begge kjønn. Dette kan først og fremst bli påverka gjennom rekrutteringsprosessane. NSM er oppteke av å ha personalgode som er kjønnsnøytrale, og som appellerer til begge kjønn. I rekrutteringsprosessane legg vi til grunn kvalifikasjonsprinsippet, som betyr at den best kvalifiserte kandidaten blir tilsett i alle rekrutteringsprosessar. I fleire utlysningstekstar oppmodar NSM kvinner til å søke. Kvalifiserte kvinnelege søkarar blir alltid inviterte til intervju. NSM er spesielt merksame på dette ved utlysing av tekniske stillingar, meir spesifikt for stillingar innanfor IKT-tryggleik. I andre fagmiljø er kjønnssamansetninga jamn, og i enkelte miljø er kvinneandelen høg.

I profilering eksternt opp mot bl.a. skular og media ser NSM at det er viktig at begge kjønn er representerte. NSM jobbar for likelønn mellom kjønna. Ein av grunnane til at menn tener meir enn kvinner i NSM, kan ha å gjere med at menn er overrepresenterte i enkelte tekniske fagmiljø. Det har vist seg at det ofte kan vere vanskeleg å rekruttere til desse miljøa, som medfører at lønningane er høgare enn i andre deler av verksemda. Dette vil igjen gi utslag på lønnsstatistikken.

4.11 Spesialeininga for politisaker

År

N

Kjønnsbalanse (pst.)

Lønna til kvinner i pst. av lønna til menn

Deltid (pst.)

Mellombelse stillingar (pst.)

Legemeldt fråvær (pst.)

M

K

M

K

M

K

M

K

2021

44

45,5

54,5

96,4

0

4,5

4,5

2,3

0,6

7,0

2020

42

42

57,1

95

0

0

7,1

7,1

1,5

1,6

2019

39

41

59

96

0

0

5,1

5,1

2,1

3,7

2018

36

41,7

58,3

86

0

0

0

2,8

1,4

6,6

2017

36

38,9

61,1

79

0

0

0

5,6

1,2

4,8

Spesialeininga for politisaker hadde per 1. desember 2021 41 faste og tre mellombelse stillingar. Det er fleire kvinnelege enn mannlege tilsette i eininga (24 kvinner og 20 menn), og kjønnsbalansen har vore stabil opp gjennom åra. I tillegg har eininga oppnemnt seks advokatar på verv (to kvinner og fire menn). Leiinga består av to menn (40 pst.) og 3 kvinner (60 pst.). Personell blir likt lønt i dei enkelte stillingskategoriane uavhengig av kjønn. Årsaka til at statistikken viser noko lågare lønn på kvinner, er at dei lågast lønte stillingane for verksemda (administrasjon) i stor grad har kvinnelege tilsette.

Delen mellombelse stillingar har auka frå 2018. Årsaka er at eininga ved revidert nasjonalbudsjett i 2019 og 2020 vart tildelt midlar for å handtere ein svært utfordrande driftssituasjon ved å auke kapasiteten og ved å tilsetje personell i mellombelse stillingar.

Sjukefråværet ved verksemda er i 2021 3,7 pst. (legemeldt fråvær) og blir sett på som lågt.

Talet på årsverk er 38.

4.12 Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker

År

N

Kjønnsbalanse (pst.)

Lønna til kvinner i pst. av lønna til menn

Deltid (pst.)

Mellombelse stillingar (pst.)

Legemeldt fråvær (pst.)

M

K

M

K

M

K

M

K

2021

16

19

81

100

0

19

6,25

12,5

1,49

2020

14

14

86

89

0

21

0

21

1,31

2019

13

23

77

98

7,7

23

0

7,7

0

2,9

2018

12

25

75

100

0

8

8

16,6

0

2,8

2017

12

25

75

93,3

0

8

8

16,6

0

0,5

Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker hadde per 31. desember 2021 16 tilsette. Dette utgjorde 12,6 årsverk. Kjønnsfordelinga i sekretariatet i 2021 har vore 81 pst. kvinner og 19 pst. menn. Alle leiarstillingane i organisasjonen har kvinnelege tilsette. Staten si målsetjing om å oppnå ein kvinnedel i leiarstillingane på 40 pst. er dermed oppfylt for sekretariatet sin del. Det er i 2021 ingen lønnsskilnader mellom kvinner og menn. Av omsyn til personvernet er legemeldt fråvær oppgitt i totale tal for verksemda.

4.13 Statens sivilrettsforvaltning

År

N

Kjønnsbalanse (pst.)

Lønna til kvinner i pst. av lønna til menn

Deltid (pst.)

Mellombelse stillingar (pst.)

Legemeldt fråvær (pst.)

M

K

M

K

M

K

M

K

2021

76

32,9

67,1

103,9

4

3,9

8

7,8

0

4,6

2020

82

34,1

65,9

105,5

0

6,1

7,3

11

0,9

4,8

2019

75

36,5

63,5

104,7

0

10,6

14,8

12,8

0,7

1,6

2018

74

39,2

60,8

97,6

0

13

12,9

13

0,2

3,4

2017

61

39,3

60,7

96,3

0

13,5

12,5

8,1

0,2

2,2

Statens sivilrettsforvaltning hadde per 31. desember 2021 76 tilsette. Dette svarer til om lag 69 årsverk. Delen kvinner og menn var høvesvis 67 og 33 pst. På leiarnivå, direktør og avdelingsdirektør, var kvinnedelen 100 pst.

Statens sivilrettsforvaltning har som mål å ha eit inkluderande arbeidsmiljø der medarbeidarane speglar mangfaldet i befolkninga og har ein variert erfaringsbakgrunn med omsyn til kjønn, alder, funksjonsevne og etnisk bakgrunn. Desse forholda blir vektlagde i rekrutteringsprosessane i verksemda. Statens sivilrettsforvaltning jobbar kontinuerleg med å auke delen menn i samband med rekruttering.

4.14 Kontoret for valdsoffererstatning

År

N

Kjønnsbalanse (pst.)

Lønna til kvinner i pst. av lønna til menn

Deltid (pst.)

Mellombelse stillingar (pst.)

Legemeldt fråvær (pst.)

M

K

M

K

M

K

M

K

2021

31

23

77

80,4

0

0

0

3,0

11,1

1,7

2020

32

28

72

83,1

0

0

0

0

1,9

1,5

2019

31

32

68

78

0

0

0

0

0,7

1,3

2018

28

29

71

90

0

0

0

0

0,4

1,7

2017

31

32

68

95,4

0

0

0

0

1

3,5

Kontoret for valdsoffererstatning hadde per 31. desember 2021 31 tilsette. Dette svarer til 31 årsverk. Kontoret for valdsoffererstatning har alltid hatt ein stor del kvinnelege tilsette. KFV har forsøkt å betre kjønnsbalansen, men dei opplever at det er få menn som søker på stillingane som blir lyste ut. Årsaka til at gjennomsnittleg lønn for kvinner er lågare enn lønna til menn, er at ein stor del av dei tilsette kvinnene er nyutdanna og har kort ansiennitet. I tillegg er tre av fire personar i leiargruppa menn, noko som gir stort utslag på lønnsstatistikken.

KVF har god kontroll på sjukefråværet og følgjer dette opp etter behov.

4.15 Utlendingsdirektoratet (UDI)

År

N

Kjønnsbalanse (pst.)

Lønna til kvinner i pst. av lønna til menn

Deltid (pst.)

Mellombelse stillingar (pst.)

Legemeldt fråvær (pst.)

M

K

M

K

M

K

M

K

2021

1 027

28,9

71,1

91,7

2,8

3,8

1,94

0,68

5,3

5,0

2020

1 009

29,5

70,5

92,0

2,5

4,0

0,69

0,69

3,0

4,8

2019

1 004

29,3

70,7

90,0

2,6

4,4

0,20

0,10

3,8

5,0

2018

941

30,7

69,3

91,0

2,8

5,4

0,32

0,43

3,0

5,8

2017

1 092

30,4

69,6

84,9

3,4

8,6

24,4

21,2

2,2

4,8

2016

1 517

32,8

67,2

95,8

1,7

7,4

38

34,7

2,5

4,4

Tal for deltid for åra 2018–2020, i tillegg til legemeldt fråvær for 2020, er korrigert samanlikna med Prop. 1 S (2021–2022).

UDI

Det var om lag same tal tilsette ved utgangen som ved inngangen til 2021. Tala er tekne ut per 31. desember 2021.

Arbeidet med likestilling og diskriminering i 2021 bestod av ei vidareføring av aktivitetane frå 2020. Dvs. at UDI tilsette personar med hol i CV-en og/eller nedsett funksjonsevne og brukte mangfaldserklæringa i stillingsutlysingar.

UDI har i 2022 sett ned ei arbeidsgruppe som består av dei fire hovudtillitsvalde og dessutan to representantar frå HR og organisasjonen. Arbeidsgruppa jobbar med å oppfylle krava i § 26 i likestillings- og diskrimineringslova (aktivitets- og forklaringsplikta).

Som offentleg styresmakt har UDI eit særleg ansvar for å ta omsyn til likestilling og ikkje-diskriminering i arbeidet. Dette gjer UDI bl.a. gjennom å jobbe med universell utforming av nettsider og dokument.

UDI sine digitale tenester skal vere lette å finne, lette å forstå, og lette å bruke. Uavhengig av føresetnader skal brukarane på ein god og enkel måte kunne nytte seg av både nettsider og automatar. For ei systematisk tilnærming til arbeidet og for å sikre at ein følgjer dei styringssignala, lovkrav og standardane som gjeld, har UDI forma ut ein handlingsplan for universell utforming av IKT. UDI stiller bl.a. systematisk krav til universell utforming av tenester i alle digitale utviklingsprosjekt, og brukskvaliteten på dei digitale tenestene blir testa periodisk.

4.16 Utlendingsnemnda (UNE)

År

N

Kjønnsbalanse (pst.)

Lønna til kvinner i pst. av lønna til menn

Deltid (pst.)

Mellombelse stillingar (pst.)

Legemeldt fråvær (pst.)

M

K

M

K

M

K

M

K

2021

225

34

66

97,5

0

2,0

2,6

0,7

3,1

4,2

2020

223

30

70

93,3

2,9

7,7

0

0,6

4,7

3,3

2019

250

30

70

95,0

1,6

9,2

0

0,8

4,3

4,3

2018

290

28

72

97,0

1,2

7,2

1,2

0

4,1

4,1

2017

353

28

72

95,1

3

10

0

0,5

3,1

4,8

2016

337

29

71

95,8

2

12

0,3

0,5

4,2

3,5

UNE

Det var om lag like mange tilsette i 2021 som året før. Kjønnsfordelinga er noko endra ved at den mannlege delen av de tilsette har auka med 4 prosentpoeng. Ved utgangen av 2021 var det 13 leiarar i UNE. Kjønnsfordelinga blant desse var den same som året før; 54 pst. menn (7 stk.) og 46 pst. kvinner (6 stk.).

Tala for 2021 som gjeld deltid viser berre dei som er tilsette i ei deltidsstilling. Medarbeidarar som er tilsette i ei 100 pst. stilling, men som t.d. har delvis omsorgspermisjon er ikkje medrekna. Dette er ikkje i samsvar med korleis desse tala er framstilte tidlegare år.

Det siste året har differansen i lønna til kvinner samanlikna med menn blitt redusert med om lag 4 pst. Som ledd i det systematiske og fortløpande arbeidet med å vareta likestillingsperspektivet, har UNE både i 2021 og 2022 gjennomført ein lønnsanalyse med tanke på å avdekke eventuelle lønnsskilnader som ikkje kan bli forklarte med andre årsaker enn kjønn.

UNE varetar omsynet til likestilling på alle nivå i verksemda, både på leiarnivå, i fortløpande dialog med dei tillitsvalde, og dessutan i dei månadlege møta i UNE si breitt samansette og faste arbeidsgruppe for likestilling og mangfald. Likestilling og mangfald er tema i UNE sine jamlege medarbeidarundersøkingar, og det blir òg vareteke gjennom personalpolitikken som blir ført.

UNE legg vekt på å fremme likestilling- og mangfaldsperspektivet i alle rekrutteringsprosessar for å trekkje til seg søkarar uavhengig av kjønn, alder, etnisitet, hol i CV-en eller funksjonsevne. I 2021 hadde minst 5 pst. av dei nytilsette hol i CV-en eller nedsett funksjonsevne, og gjennom dei siste større rekrutteringsprosessane har delen av nytilsette med innvandrarbakgrunn auka betrakteleg.

5 Omtale av klima- og miljørelevante saker

Klima- og miljøpolitikken til regjeringa byggjer på at alle samfunnssektorar har eit sjølvstendig ansvar for å leggje miljøomsyn til grunn for aktivitetane sine og for å medverke til at dei nasjonale klima- og miljømåla kan nåast. For ei omtale av regjeringa sine samla klima- og miljørelevante saker, sjå fagproposisjonen til Klima- og miljødepartementet.

5.1 Politiet

Dei viktigaste oppgåvene for politiet innanfor miljøvern er å kjempe mot miljøkriminalitet gjennom førebyggjande verksemd, etterforsking med høg kvalitet og adekvat reaksjon. Førebygging på miljøområdet inneber særleg gjensidig informasjonsdeling med relevante samarbeidsaktørar, slik at alle kan setjast i stand til å utføre nødvendige tiltak på sitt eige ansvarsområde. Samarbeidspartnarane til politiet i miljøforvaltninga må derfor involverast både lokalt og sentralt. Regjeringa vil styrke innsatsen mot fiskeri- og miljøkriminalitet nasjonalt og vil i den kommande stortingsmeldinga om økonomisk kriminalitet omtale innsatsen mot profittmotivert miljøkriminalitet.

5.2 Svalbard – Sysselmeisteren og Longyearbyen lokalstyre

Klima- og miljødepartementet har det overordna ansvaret for miljøforvaltninga på Svalbard med Miljødirektoratet, Norsk Polarinstitutt og Riksantikvaren som ytre etatar og Sysselmeisteren på Svalbard som regionalt apparat.

Justis- og beredskapsdepartementet har etatsstyringsansvar for Sysselmeisteren på Svalbard og er kontaktpunkt for Longyearbyen lokalstyre.

Ein generell omtale av klima- og miljøpolitikken på Svalbard finst i Prop. 1 S (2022–2023) for Klima- og miljødepartementet og Prop. 1 S (2022–2023) Svalbardbudsjettet.

Longyearbyen lokalstyre er som eigar av Longyearbyen energiverk og infrastruktur knytt til kraftverket ansvarleg for å levere varme og elektrisitet i Longyearbyen. Kolkraftverket som forsyner i Longyearbyen med kraft og varme, vart sett i drift i 1983, ber preg av den høge alderen og må om ikkje lenge erstattast av ei ny energiløysing. Stortinget har slutta seg til dei overordna rammene for etablering og drift av ny energiløysing, jf. Innst. 117 S (2021–2022). Longyearbyen lokalstyre vil framleis ha ansvaret for energiproduksjonen i Longyearbyen ved overgangen til ei ny energiløysing, og vil vere ansvarleg for å få etablert eit nytt energiverk i Longyearbyen. Det vidare arbeidet med ny energiforsyning blir følgt opp av Longyearbyen lokalstyre, i dialog med Olje- og energidepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet.

Longyearbyen lokalstyre skal innan utgangen av 2022 utarbeide ein energiplan for Longyearbyen som dei skal overlevere til Olje- og energidepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet. I arbeidet med energiplanen skal dei sjå på korleis overgangen til ei mest mogleg fornybar energiforsyning kan gjennomførast på ein måte som er så sikker, skånsam og kostnadseffektiv som råd. I energiplanen skal dei bl.a. gi ei vurdering av korleis etablering av eit nytt kraftvarmeverk blir sett i samanheng med energieffektivisering, lokal produksjon av fornybar energi, utprøving av nye teknologiar og drifta av Gruve 7, som forsyner kraftverket med kol. Når lokalstyret har overlevert energiplanen til departementa, vil departementa og lokalstyret saman vurdere den vidare prosessen med å få på plass ei ny energiløysing.

6 Opptrappingsplan mot vald og overgrep 2017–2021

Regjeringa Solberg la i oktober 2016 fram Prop. 12 S (2016–2017) Opptrappingsplan mot vold og overgrep (2017–2021). Tiltaka i denne planen vart gjennomførte i perioden 2017 til 2021. Justis- og beredskapsdepartementet følgjer òg opp fleire oppmodingsvedtak om tema som ligg nær opptrappingsplanen. Status for oppmodingsvedtaka blir omtalt i del I av budsjettproposisjonen. Nedanfor følgjer ei oversikt over statusen for tiltaka i opptrappingsplanen.

Omsynet til dei som blir utsette for vald og overgrep, er viktig i heile straffesakskjeda. Regjeringa etablerte i 2017 støttesenter for kriminalitetsutsette i alle dei 12 politidistrikta. Sentera skal styrke stillinga til dei fornærma gjennom straffesakskjeda og bidra til at valdsoffer og deira pårørande blir tekne hand om. Støttesentera for kriminalitetsutsette skal evaluerast i 2022.

Det er gjennomført evalueringar av besøksforbodet og kontaktforbod med elektronisk kontroll (omvend valdsalarm). Bruken av omvend valdsalarm var nærmast tredobla frå 2019 til 2020. Det er òg gjennomført ei utgreiing av spørsmålet om å utvide ordninga med omvend valdsalarm til òg å gjelde straffeprosessuelt besøksforbod.

Politidirektoratet har etablert retningslinjer for politiet sin bruk av kode 6 og samarbeid med andre tenester i slike tilfelle. Bruken av vernetiltaket kode 6 (strengt fortruleg adresse) og kode 7 (fortruleg adresse) skal evaluerast.

Partnardrapsutvalet leverte utgreiinga si, NOU 2020: 17 Varslede drap?, i desember 2020. Utvalet tilrår 70 tiltak for å førebyggje partnardrap, inkludert etablering av ein permanent partnardrapskommisjon. Utgreiinga har vore på høyring og blir no følgd opp i Justis- og beredskapsdepartementet.

I 2016 vart det utarbeidd felles retningslinjer for drifta av Statens barnehus.

I 2014 vart det starta opp eit forskingsprogram om vald i nære relasjonar, som blir gjennomført av NOVA/OsloMet og Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS). Programmet er vidareført for perioden 2019–2024. Som ein del av den nye programperioden skal det forskast på vald og overgrep i samiske samfunn.

I 2021 vart det starta opp eit større forskingsprosjekt om seksuelle overgrep mot barn og unge, med vekt på overgrep utførte over internett. Prosjektet består av tre deloppdrag. Formålet er å få betre kunnskap om seksuelt skadeleg åtferd på og utanfor internett og om korleis ulike verkemiddel for å førebyggje, motverke og behandle seksuelle overgrep mot barn og unge fungerer. Vidare skal prosjektet sjå nærmare på gjerningspersonar og fornærma for seksuelle overgrep mot barn og unge, primært over internett. Eit breitt samansett forskingsmiljø frå NTNU og politiet i Trøndelag og Oslo har fått i oppdrag å gjennomføre ei kartlegging og ein analyse av arenaer som blir brukte til tilgang og deling av overgrepsmateriale.

Regjeringa oppmodar kommunane om å utarbeide kommunale handlingsplanar mot vald i nære relasjonar. NKVTS har kartlagt korleis kommunane bruker handlingsplanane, korleis dei implementerer planane i den daglege verksemda, og kva dei treng for å utvikle gode planar. Tilrådingane i kartlegginga er følgd opp gjennom ein revisjon av ei webbasert rettleiing om utvikling av kommunale handlingsplanar.

Om vi skal få ein slutt på vald i nære relasjonar, krev det ei nær kopling mellom politiet sine vernetiltak, praktisk bistand og psykososial oppfølging. Prosjekt November – no RISK – i Oslo politidistrikt har utvikla ein metodikk for arbeidet som bidrar til meir tilgjengelege tenester og betre oppfølging av og tryggleik for dei som er utsette for vald i nære relasjonar. Arbeidet er vidareført og utvida i 2020/2021. Bakgrunnen for utvidinga er samanhengen mellom ungdomskriminalitet og dårlege oppvekstvilkår med vald og overgrep i familien.

7 Andre felles tiltak

7.1 Budsjettgevinstar frå endra jobbreisevanar

Pandemien har ført til endra jobbreisevanar. Redusert reiseaktivitet vil både redusere reiseutgifter i verksemdene og spare reisetid for dei tilsette. Sjølv om reiseaktiviteten er høgare no enn under pandemien, vil nivået på reiseaktiviteten truleg vere varig redusert. I Saldert budsjett 2022 blei det lagt til grunn eit gevinstuttak på om lag 7 pst. av reiseutgiftene før pandemien. I samband med RNB 2022 blei gevinstuttaket auka til om lag 14 pst. i andre halvår 2022. Regjeringa foreslår å auke gevinstuttaket i 2023 til om lag 20 pst. av reiseutgiftene før pandemien. Dette inneber eit auka gevinstuttak under Justis- og bereskapsdepartementet samanlikna med Saldert budsjett 2022 på om lag 72 mill. kroner.

7.2 Kompensasjonsutrekningar i samband med innføring av ny premiemodell for statlege verksemder frå 2022

Statens pensjonskasse (SPK) innførte frå og med 2022 ein ny hendingsbasert og verksemdsspesifikk premiemodell for statlege verksemder. Det vart lagt opp til at omlegginga skulle vere om lag budsjettnøytral på innføringstidspunktet, ved at dei verksemdene dette gjeld, fekk ein reduksjon eller auke i løyvinga i tråd med endra premie, samanlikna med kva som ville følgt av gammalt premiesystem. Saka var omtalt i Prop. 1 S (2021–2022) for Arbeids- og sosialdepartementet på sidene 28 og 29.

Etter at ein gjennomførte utrekningane av kompensasjonen, er det registrert forhold som gjer at verksemdene samla er noko overkompenserte. Dette kjem av at utrekningane i saldert budsjett 2022 av pensjonspremiar etter gammal premiemodell var baserte på estimert pensjonsgrunnlag per 1. januar 2022. Grunnlaget vart ved ein feil ikkje oppjustert med lønsveksten gjennom året. Det inneber at premieanslaga etter gammal modell skulle vore noko høgare, og at kompensasjonen skulle vore noko lågare. Under Justis- og beredskapsdepartementet utgjer dette 46,3 mill. kroner. Regjeringa vil som følgje av dette redusere løyvinga under Justis- og beredskapsdepartementet med same beløp frå 2023. Sjå Arbeids- og inkluderingsdepartementets Prop. 1 S (2022–2023) for nærare omtale.

7.3 Einskildståande tilskot

Tilskotsmidlar skal normalt lysast ut og fordelast på grunnlag av opne søknadsprosessar og kjente tildelingskriterium, slik at fleire får moglegheit til å søke tilskot og alternative tilnærmingar for å oppnå mål og samfunnseffektar kan vurderast opp mot kvarandre. Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) har gjennomført ein områdegjennomgang av praksis for namngjeving av tilskotsmottagarar i statsbudsjettet. Tilskot der mottakaren er namngjeven i budsjettproposisjonen utgjer unntak frå føresegnene i økonomiregelverket. Slike unntak kan vere teneleg i enkelte tilfelle, for eksempel viss det gjeld viktige formål utan alternative tilbodarar, men namngjevne mottakarar kan også medføre mindre effektiv måloppnåing fordi mottakaren blir unnteken frå konkurranse og prioritering. Regjeringa har derfor starta eit arbeid med å redusere talet på namngjevne tilskotsmottagarar i statsbudsjettet. Sjå Prop. 1 S (2022–2023) Gul bok for ytterlegare omtale. Justis- og beredskapsdepartementet har som del av arbeidet innlemma to tilskot i eksisterande tilskotsordningar, og oppretta ein ny tilskotsordning for fire tidlegare enskildståande tilskot til private organisajonar relatert til politiet.

Tabell 7.1 Samla oversikt over enskildståande tilskot under Justis- og beredskapsdepartementet i 2023

Tilskotsmottakar

Kap.

Post

Saldert beløp 2022

Forslag 2023

Norsk senter for informasjonssikring (NorSIS)

400

70

9 400

9 680

Oslo kommunes EX/IN-prosjekt

433

70

1 000

1 000

Forandringshuset i regi av KFUK/KFUM

433

70

2 000

2 000

Krisesentersekretariatet (Rosa-prosjektet)

440

70

4 900

5 039

Justismuseet

440

71

8 000

8 200

Norsk elektroteknisk Komite (NEK), Norsk brannvernforening

451

70

7 100

7 300

Telenor Kystradio og Avinor Svalbard

455

72

124,3

127 781

Redningsselskapet

455

73

124 300

131 376

8 Tekniske endringar i kontostrukturen og bruk av stikkord «kan overførast»

Det blir foreslått å endre postar, postnamn og stikkord slik:

Det blir oppretta nytt kap. 411 Domstoladministrasjonen, post 01 Driftsutgifter. Midlar på posten blir nytta til drift av direktoratet som tidlegare var budsjettert på kap. 410, post 01. Posten får òg tilføydd stikkordet «kan nyttes under kap. 61, post 01 og kap. 410, post 01». Samstundes får kap. 410, post 01 nytt stikkord «kan nyttes under kap. 61, post 01 og kap. 411, post 01» og at kap. 61, post 01 får «kan nyttes under kap. 410, post 01 og kap. 411, post 01».

Det blir oppretta et tilhørende inntektskapittel til kap. 411, post 01, nytt kap. 3411, post 03 Diverse refusjoner.

Nemninga på kap. 433, i tillegg til nemninga på kap. 3433, blir endra frå «Konfliktråd» til «Konfliktrådet».

Det blir oppretta nytt kap. 431 Kriminalomsorgsdirektoratet, post 01 Driftsutgifter. Midlar på posten blir nytta til drift av direktoratet som tidlegare var budsjettert på kap. 430, post 01. Posten får òg tilføydd stikkordet «kan nyttes under kap. 430, post 01». Samstundes får kap. 430 Kriminalomsorgen, post 01 Driftsutgifter tilføydd stikkordet «kan nyttes under kap. 431, post 01».

Det blir oppretta to nye postar, kap. 440, post 46 Investeringer i Schengen-IKT-systemer og kap. 490, post 46 Investeringer i Schengen-IKT-systemer. Postane får òg tilføydd stikkordet «kan overføres». Midlar på postane blir nytta til investeringar til Schengen-IKT-prosjekt i politiet og UDI.

Kap. 440, post 71 endrar namn frå «Tilskudd Norsk rettsmuseum» til «Tilskudd Justismuseet».

Det blir oppretta nytt kap. 441 Politidirektoratet, post 01 Driftsutgifter. Midlar på posten blir nytta til drift av direktoratet som tidlegare var budsjettert på kap. 440, post 01. Posten får òg tilføydd stikkordet «kan nyttes under kap. 440, post 01», samstundes som kap. 440, post 01 får tilføydd stikkordet «kan nyttes under kap. 441, post 01».

Det blir oppretta nytt kap. 443 Påtalemyndigheten i politiet, post 01 Driftsutgifter. Posten får òg tilføydd stikkordet « kan nyttes under kap. 440, post 01», samstundes som kap. 440, post 01 får tilføydd stikkordet «kan nyttes under kap. 443, post 01». Midlar på posten blir nytta til lønns- og overheadkostnadar til påtalejurister i politiet.

Stikkordet «kan nyttes under kap. 671, post 60» på kap. 490, post 73 blir fjerna.

Kap. 490, post 72 blir føydd til stikkordet «kan overføres». Tilskot til personar som returnerer til heimlandet kan bli utbetalt året etter at avtalen er inngått, sidan det kan ta noko tid frå avtalen er inngått til retur kan gjennomførast og tilskot blir utbetalt. Midlar til avtalepartnarar om returprogram kan òg bli utbetalt i seinare år til avtalar som er inngått i inneverande år.

Forslaga er i tråd med tabellen under:

Under Justis- og beredskapsdepartementet blir stikkordet foreslått knyttet til disse postene utenom postgruppe 30-49

Kap.

Post

Betegnelse

Overført til 2022

Forslag 2023

400

23

Spesielle driftsutgifter, forskning, evaluering og kunnskapsinnhenting

21 861

35 392

410

22

Vernesaker/sideutgifter, jordskiftedomstoler

1 130

2 850

430

21

Spesielle driftsutgifter

5 655

108 410

430

60

Refusjoner til kommunene, forvaringsdømte mv.

114 991

433

60

Tilskudd til kommuner

10 514

440

22

Søk etter antatt omkomne

7 669

10 142

440

73

Internasjonale forpliktelser, mv.

242 870

657 190

451

22

Spesielle driftsutgifter – Nødnett

42 749

529 093

475

21

Spesielle driftsutgifter

15 852

8 411

490

23

Spesielle driftsutgifter, kunnskapsutvikling

1 703

6 671

490

72

Assistert retur og reintegrering i hjemlandet

25 316

490

74

Internasjonale forpliktelser, kontingenter mv.

215

56 198

490

75

Reiseutgifter for flyktninger til og fra utlandet

591

30 293

490

76

Internasjonalt migrasjonsarbeid

3 294

26 524

Til forsida