Del 2
Nærmare om budsjettforslaget
2 Nærmare om budsjettforslaget
Programkategori 06.10 Administrasjon
Utgifter under programkategori 06.10 fordelte på postgrupper
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post-gr. | Betegnelse | Regnskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 | Pst. endr. 22/23 |
01-25 | Driftsutgifter | 531 202 | 543 744 | 553 760 | 1,8 |
50-59 | Overføringer til andre statsregnskaper | 55 413 | 48 732 | 61 432 | 26,1 |
70-89 | Overføringer til private | 28 772 | 35 827 | 36 668 | 2,3 |
Sum kategori 06.10 | 615 387 | 628 303 | 651 860 | 3,7 |
Utgifter under programkategori 06.10 fordelte på kapitler
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Betegnelse | Regnskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 | Pst. endr. 22/23 |
400 | Justis- og beredskapsdepartementet | 615 387 | 628 303 | 651 860 | 3,7 |
Sum kategori 06.10 | 615 387 | 628 303 | 651 860 | 3,7 |
Innleiing
Justis- og beredskapsdepartementet har ansvar for rettsvesenet, kriminalomsorga, politi- og påtalemakta, redningstenesta, samfunnstryggleik og beredskap, utlendingsforvaltninga m.m. Justis- og beredskapsdepartementet er samordningsdepartement for norsk politikk i polarområda og for svalbardbudsjettet. Justis- og beredskapsdepartementet har eit særleg ansvar for å medverke til eit oversiktleg lovverk med samanheng og god lovstruktur. Alle lovforslaga utanom dei som gjeld skattelover, skal leggjast fram for Justis- og beredskapsdepartementet for lovteknisk gjennomgang. Justis- og beredskapsdepartementet gir òg råd til andre departement om lovarbeid.
Prioriteringar i 2023
Rapportane NOU 2020: 9 Blindsonen, NOU 2021: 8 Trygd over landegrensene og arbeidsgrupperapporten Departementenes EØS-arbeid (2021) viste at det er behov for å byggje opp ein varig og robust kompetanse i forvaltninga. Det er naudsynt å auke kunnskapen om korleis ein kan handtere nasjonale prioriteringar innan rammene av EØS-retten. Regjeringa foreslår å løyve 2 mill. kroner til styrking av EØS-arbeidet i Lovavdelinga i Justis- og beredskapsdepartementet i 2023. Avdelinga arbeider med å rettleie og følgje opp departementa og forvaltninga i EØS-arbeidet. Tiltaket vil gjere oss betre rusta til å utnytte handlingsrommet som ligg i EØS-avtalen, redusere risikoen for feiltolking av EØS-regelverk og gjere regelverket meir tilgjengeleg.
Kap. 400 Justis- og beredskapsdepartementet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Betegnelse | Regnskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
01 | Driftsutgifter | 495 535 | 495 162 | 518 368 |
23 | Spesielle driftsutgifter, forskning, evaluering og kunnskapsinnhenting, kan overføres | 35 667 | 48 582 | 35 392 |
50 | Norges forskningsråd | 55 413 | 48 732 | 61 432 |
70 | Overføringer til private | 11 775 | 18 463 | 18 811 |
71 | Tilskudd til internasjonale organisasjoner | 16 997 | 17 364 | 17 857 |
Sum kap. 0400 | 615 387 | 628 303 | 651 860 |
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga dekker lønn og godtgjersle til tilsette i departementet og lønns- og driftsutgifter til råd og utval. Løyvinga skal òg dekke driftsutgifter i tillegg til investeringar og utviklingstiltak. Unntaksvis kan løyvinga på posten brukast til enkelte driftsutgifter i domstolane og ytre etatar.
Talet på årsverk som er lønte på kap. 400, post 01, per 31. desember 2021, var 310,6 (eksklusiv tilsette i permisjon utan lønn). I tillegg til årsverka som er lønte på kap. 400, er om lag 30,9 årsverk i departementet lønte på andre budsjettkapittel under Justis- og beredskapsdepartementet i 2021. I 2021 var seks personar beordra til arbeid i departementet, eller dei hospiterer i departementet.
Det vart i 2022 løyvd 10 mill. kroner til å opprette ein ny koronakommisjon, jf. Prop. 115 S (2021–2022), jf. Innst. 450 S (2021–2022). Kommisjonen skal halde fram med arbeidet sitt i 2023 og skal etter planen levere rapporten sin i mai 2023. Det blir foreslått å auke løyvinga på kap. 400, post 01, med 5 mill. kroner til arbeidet.
Det vart i 2022 løyvd 2 mill. kroner til å opprette ein partnardrapskommisjon. Heilårseffekten i 2023 er 10 mill. kroner. Det blir foreslått å auke løyvinga med 8 mill. kroner.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 2 mill. kroner til stillingar innan råd og rettleiing om korrekt gjennomføring av EØS-rett.
Regjeringa foreslår at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 400, post 01, mot meirinntekter på kap. 3400, post 01, jf. forslag til vedtak.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 518,4 mill. kroner.
Post 23 Spesielle driftsutgifter, forskning, evaluering og kunnskapsinnhenting, kan overføres
Sektorprinsippet i norsk forskingspolitikk inneber at departementet har eit overordna ansvar for forsking i sektoren sin og på ansvarsområda sine. Departementet har både eit ansvar for langsiktig forsking for sektoren – det breie sektoransvaret – og eit ansvar for forsking som skal dekke behovet departementet sjølv har for kunnskap som kan danne grunnlag for politikkutvikling og forvaltning.
Løyvinga på post 23 skal bli brukt til forsking, til oppfølging av stortingsmeldingar eller offentlege utgreiingar og til evalueringar og anna innhenting av kunnskap på justis-, innvandrings- og beredskapsfeltet. Justis- og beredskapsdepartementet prioriterer forsking som styrker arbeidet med å nå langsiktige og overordna mål for departementet og sektoren.
Ei stor del av løyvinga i 2022 gjekk til tiltak innan kriminalitetsfeltet og digital tryggleik, inkludert ei årleg tildeling til Center for Cyber and Information Security ved NTNU og ei årleg tildeling til Simula@UiB. I tillegg vart det bl.a. gitt tildelingar til prosjekt om totalforsvaret, forsking på terrorisme og evaluering av arbeid mot radikalisering.
Det blir foreslått å redusere løyvinga med 1,1 mill. kroner mot tilsvarande auke av løyvinga på kap. 1620 Statistisk sentralbyrå (SSB). Dette gjeld finansiering av løypande produksjon av offentleg statistikk.
Det blir foreslått å redusere løyvinga med 2 mill. kroner til FoU om førebygging av hatkriminalitet på grunn av avslutning av forskingsprosjekt.
Det blir foreslått å redusere løyvinga med 11,3 mill. kroner mot tilsvarande auke av løyvinga på kap. 400, post 50. Dette gjeld tildeling til Noregs forskingsråd frå 2022 til forsking på vald, overgrep og hatkriminalitet.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 35,4 mill. kroner.
Post 50 Norges forskningsråd
Noregs forskingsråd er eit viktig verkemiddel for å nå dei forskingspolitiske måla til regjeringa. Regjeringa har fastsett fem mål for Forskingsrådet. Måla er:
auka vitskapleg kvalitet
auka verdiskaping i næringslivet
å møte store samfunnsutfordringar
eit velfungerande forskingssystem
god rådgiving
Måla er felles for alle departementa. Kunnskapsdepartementet har i samarbeid med departementa og Forskingsrådet utarbeidd eit system for departementa si styring av Forskingsrådet. Den samla måloppnåinga for verksemda og økonomisituasjonen i Noregs forskingsråd er omtalt i Kunnskapsdepartementets budsjettproposisjon for 2023.
Løyvingane frå Justis- og beredskapsdepartementet til Forskingsrådet skal i hovudsak sørge for det breie sektoransvaret for forsking og bidra til langsiktig kompetanse- og kunnskapsoppbygging innanfor sektorområda til Justis- og beredskapsdepartementet.
Tabell 2.1 Tildelingar til Noregs forskingsråd i 2021 over post 50
Prosjekt | Beløp (mill. kroner) 2021-tal |
---|---|
SAMRISK II | 27,004 |
IKTPLUSS | 19,763 |
VAM | 2,700 |
UTENRIKS | 3,469 |
Norglobal 2 | 2,477 |
Sum | 55,413 |
I 2021 har forskinga i porteføljane som er nemnde i tabellen over, gitt ny og viktig kunnskap om spørsmål om digital tryggleik, samfunnstryggleik og beredskap, migrasjon og europarett. Innanfor området samfunnstryggleik er det no blitt bygd større kapasitet og samanheng i forskinga ved at større og langsiktige forskingsprosjekt har fått finansiering. Forskingsrådet melder òg om at det var ein stor auke i aktiviteten på dette området i 2021 pga. auka kunnskapsbehov ved covid-19-pandemien. Porteføljane i Forskingsrådet bidrar til god arbeidsdeling mellom nasjonale, nordiske og europeiske konkurransearenaer gjennom at innsatsområde og utlysingar blir koordinerte. Dette gir gode samspeleffektar og bidrar til at norske miljø innanfor sektorområda til Justis- og beredskapsdepartementet hevdar seg godt i konkurransen om internasjonale forskingsmidlar.
I 2022 vart det gitt ei samla tildeling på 43,2 mill. kroner til porteføljane og dessutan ei ny tildeling til EØS-rettsvitskapleg forsking på 5,5 mill. kroner. I tillegg vart Forskningsrådet tildelt 11,3 mill. kroner over kap. 400, post 23, til forsking på vald, overgrep og hatkriminalitet. Den samla tildelinga til Noregs forskingsråd i 2022 vart dermed 60,0 mill. kroner.
Det blir foreslått å flytte tildelinga til Noregs forskingsråd frå og med 2022 på 11,3 mill. kroner over kap. 400, post 23, til forsking på vald, overgrep og hatkriminalitet over til kap. 400 post, 50, frå og med 2023.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 61,4 mill. kroner i 2023.
Post 70 Overføringer til private
Løyvinga skal dekke tilskot til Norsk senter for informasjonstryggleik (NorSiS), som del av arbeidet som departementet gjer for å førebu IKT-trygging på sivil side. Etter ei evaluering i 2021 er målguppa for tilskottet spissa. Den primære målgruppa for Justis- og beredskapsdepartementet sitt tilskot er innbyggerane, og sekundært råd og veiledning til små- og mellomstore verksemder. Tilskottet til NorSIS varetar eit viktig segment i departementets ansvarsområde der ingen klare alternative aktørar kan prioritere målgruppa på same måte.
Regjeringa foreslår ei samla løyving på posten på 18,8 mill. kroner.
Post 71 Tilskudd til internasjonale organisasjoner
Løyvinga skal dekke Noregs tilskot/kontingentar til internasjonale organisasjonar og samarbeid på saksområda til Justis- og beredskapsdepartementet, i hovudsak desse:
Den internasjonale domstolen i Haag
Haagkonferansen for internasjonal privatrett
World Intellectual Property Organization (WIPO)
Det internasjonale instituttet i Roma for einsarta privatrett (UNIDROIT)
The Group of States Against Corruption (GRECO)
tilskot til Rådssekretariatet og Fellesorganet i samband med Schengen-samarbeidet
Interoperability Solutions for European Public Administration (ISA)
Austersjøområdet
Sikrare internett pluss
Nordisk samarbeidsråd for kriminologi
finansielt bidrag til kommisjonen for deltaking i Schengen-komiteane
The European Network and Information Security Agent (ENISA)
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 17,9 mill. kroner.
Kap. 3400 Justis- og beredskapsdepartementet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Betegnelse | Regnskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
01 | Diverse inntekter | 6 772 | 5 896 | 6 073 |
02 | Refusjon av ODA-godkjente utgifter | 1 026 | 1 048 | 1 079 |
Post 01 Diverse inntekter
Post 01 blir brukt til å føre inntekter frå kantina som departementet driv i Nydalen, refusjonar gjennom rolla departementet har som programpartnar i EØS-midlane, og ymse inntekter. Desse inntektene varierer årleg. Refusjonar frå Utanriksdepartementet for den ODA-godkjende delen på 3 pst. av bidraget til World Intellectual Property utgjer om lag 100 000 kroner av inntektene.
Regjeringa foreslår at meirinntektene på kap. 3400, post 01, kan brukast til å overskride løyvinga på kap. 400, post 01, tilsvarande, jf. forslag til vedtak.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 6,1 mill. kroner.
Post 02 Refusjon av ODA-godkjente utgifter
Visse utgifter for reintegrering av personar som blir returnerte til opphavslandet eller til tredjeland, og tiltak som bidrar til samarbeid om retur, returavtalar, oppbygging av migrasjonsforvaltninga i sentrale opphavs- og transittland og velordna migrasjon, kan godkjennast som offisiell internasjonal bistand ifølgje statistikkdirektiva til OECD/DAC.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 1,1 mill. kroner, jf. omtalen under kap. 400, post 23.
Programkategori 06.20 Rettsvesen
Utgifter under programkategori 06.20 fordelte på postgrupper
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post-gr. | Betegnelse | Regnskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 | Pst. endr. 22/23 |
01–25 | Driftsutgifter | 3 338 230 | 3 439 780 | 3 475 829 | 1,0 |
Sum kategori 06.20 | 3 338 230 | 3 439 780 | 3 475 829 | 1,0 |
Utgifter under programkategori 06.20 fordelte på kapitler
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Betegnelse | Regnskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 | Pst. endr. 22/23 |
61 | Høyesterett | 122 291 | 125 332 | 128 079 | 2,2 |
410 | Domstolene | 2 917 986 | 3 000 809 | 2 944 602 | -1,9 |
411 | Domstoladministrasjonen | 82 700 | |||
414 | Forliksråd og andre domsutgifter | 297 953 | 313 639 | 320 448 | 2,2 |
Sum kategori 06.20 | 3 338 230 | 3 439 780 | 3 475 829 | 1,0 |
1 Innleiing
Målet for programkategori 06.20 Rettsvesen er rettstryggleik.
Programkategori 06.20 omfattar Høgsterett, lagmannsrettane, tingrettane, jordskifterettane, forliksråda, Finnmarkskommisjonen, Utmarksdomstolen for Finnmark og Domstoladministrasjonen.
Domstolane er den tredje statsmakta. Rettsstaten føreset tilgang til uavhengige og upartiske domstolar for tvisteløysing og straffesaksbehandling, og stiller òg krav om at rettargangen skal vere rettvis. Openheit og integritet er grunnleggjande for arbeidet.
Dei alminnelege domstolane har ansvar for å vareta rettstryggleiken ved å avseie dommar og treffe avgjerder innan rimeleg tid og med høg kvalitet. Dette stiller krav til effektivitet og god saksflyt i domstolane. Mål for gjennomsnittleg saksbehandlingstid for både straffesaker og sivile saker (tvistesaker) blir vedtekne årleg gjennom Stortinget si behandling av Prop. 1 S. I tillegg er det enkelte lovbestemte fristar.
Forliksråda er det lågaste leddet i rettssystemet for sivile saker. Jordskifterettane er særdomstolar og blir kjenneteikna ved at saksfeltet er avgrensa.
1.1 Straffesaksområdet
Domstolane er det andre leddet i straffesakskjeda og tek imot saker frå påtalemakta. I straffesaker avgjer dei alminnelege domstolane om det er grunnlag for skuldinga til påtalemakta om brot på straffelovgivinga, og dei tek stilling til om det skal dømmast straff. Domstolane har ei sentral rolle for å få til ei meir effektiv straffesakskjede. Det er òg viktig for rettstryggleiken til den enkelte.
1.2 Sivile saker
I tillegg til straffesaker behandlar dei alminnelege domstolane sivile saker, som bl.a. tvistesaker, gjeldsordningssaker, konkurssaker, skiftesaker m.m. Forliksråda er eit rimeleg tvisteløysingsorgan som meklar mellom partar i sivile saker og kan avseie dom i enkelte saker. Ein stor del av sakene blir endeleg avgjorde i forliksrådet. Avgjerder frå forliksråd kan bringast inn for tingretten.
Jordskifterettane er særdomstolar som behandlar spørsmål om fast eigedom. Sakene gjeld krav om fastsetjing av og endring i eigedomsforhold og rettar som gjeld fast eigedom, fastsetjing av grenser og skjønn.
Finnmarkskommisjonen skal greie ut bruks- og eigarrettar til den grunnen som Finnmarkseigedommen overtok då Finnmarkslova tok til å gjelde 1. juli 2006. Utmarksdomstolen for Finnmark er ein særdomstol som behandlar tvistar som kan oppstå etter at Finnmarkskommisjonen har greidd ut rettsforholda i eit område.
2 Prioriteringar i 2023
I 2021 vart talet på rettskrinsar redusert frå 60 til 23 for tingrettane og frå 34 til 19 for jordskifterettane. Våren 2022 sende regjeringa på høyring eit forslag om å gå tilbake til strukturen frå før 2021, for å sikre innbyggarar over heile landet god rettstryggleik og tilgjengelege tenester. Departementet har motteke om lag 400 høyringssvar. Høyringa er no til oppfølging i departementet og regjeringa vil komme tilbake til Stortinget om dette på eigna måte.
I 2022 vart det løyvd midlar til nye dommarstillingar ved mindre rettsstader. Løyvinga har bidratt til at totalt 23 dommarfullmektigstillingar er erstatta med dommarstillingar ved 23 rettsstader som har få dommarar, som t.d. Hammerfest, Finnsnes og Mysen. Dette har bidratt til å gjere dei mindre rettsstadene mindre sårbare og betre eigna til å behandle bl.a. barnesaker. Løyvinga på 20 mill. kroner er ført vidare i 2023.
Det er løyva betydelege midler til auka kapasitet i domstolane i dei seinare årane. Samtidig fortset nedgangen i innkomne tvistesaker. Det blir derfor foreslått å redusere løyvinga med 18 mill. kroner for å ytterlegare redusere delen dommarfullmektigar i tingrettane.
Regjeringa vil òg vidareføre satsinga på digitalisering av domstolane med 45,3 mill. kroner til prosjekta Digitale domstolar I og Digitale domstolar II i 2023. For 2022 vart det løyvd 25 mill. kroner til digitaliseringsprosjektet Elektronisk samhandling i straffesakskjeda (ESAS). For 2023 blir det foreslått å løyve 42,7 mill. kroner for å vidareføre prosjektet.
Endringar i straffeprosesslova vart innførte i 2022. Lovendringane inneber at framstillingsfristen for varetektsfengslingar vart korta ned til 48 timar.
3 Retningslinjer for Domstoladministrasjonen
Domstoladministrasjonen er den sentrale administrasjonen av domstolane og utfører ei rekkje felles administrative oppgåver for dei alminnelege domstolane, jordskifterettane, Finnmarkskommisjonen og Utmarksdomstolen for Finnmark. Domstoladministrasjonen er ansvarleg for tildelinga av budsjettet til domstolane (med unntak av Høgsterett), utvikling og drift av felles saksbehandlingssystem og andre IT-funksjonar. Domstoladministrasjonen har ansvar for utvikling av system for analyse og vurdering av måloppnåing. Den overordna arbeidsgivarfunksjonen ligg òg hos Domstoladministrasjonen.
Stortinget fastset rammer og mål for budsjett og lover for verksemda i domstolane. Nedanfor følgjer Justis- og beredskapsdepartementet sine forslag til generelle retningslinjer for verksemda til Domstoladministrasjonen for 2023.
Domstoladministrasjonen skal
leggje til rette for brukarorientering og utvikling i domstolane som gir reell tilgang til domstolane og riktige avgjerder til rett tid
sørge for effektiv ressursutnytting gjennom felles praksis og større satsing på aktiv saksstyring og utnytte moglegheitene til effektiv saksavvikling som allereie ligg i lovverket
leggje til rette for systematisk kvalitetsutvikling
leggje til rette for at domstolane kan oppfylle måla til Stortinget for gjennomsnittleg saksbehandlingstid
sørge for sikre og stabile IKT-løysingar i ein digital rettsprosess, der personopplysningar og annan informasjon blir behandla på ein trygg måte
sikre systematisk og målretta rekruttering og kompetanseutvikling for leiarar og medarbeidarar i domstolane og Domstoladministrasjonen
sikre at oppgåveløysinga i domstolane skjer i forsvarleg trygge rammer
sikre eit godt avgjerdsgrunnlag for regjeringa og Stortinget
4 Regelutvikling
Regjeringa ønskjer gode reglar som bidrar til at saker blir avvikla effektivt og med høg kvalitet i heile landet. Departementet har arbeidd med endringar i dei to sentrale prosessregelverka tvistelova og straffeprosesslova for bl.a. i større grad å leggje til rette for meir effektiv domstolbehandling. Regelutviklinga er òg omtalt under del 1.
Utleverings- og arrestordreutvalet vart peika ut av regjeringa Solberg i november 2020. Utvalet skal foreslå eit nytt regelverk for utlevering og arrestordre. Regelverket er viktig for å hindre at personar som har gjort alvorleg kriminalitet i utlandet, slepp unna straffeforfølging eller soning av dom ved å opphalde seg i Noreg. Utgreiinga er forseinka som følgje av virusutbrotet og skal ferdigstillast innan oktober 2022.
Endringar i straffeprosesslova og tvistelova vart vedtekne medio 2022. Lovendringane legg opp til at rettsmøte i domstolane i større utstrekking kan avviklast heilt eller delvis digitalt, anten som fjernmøte eller ved fjernavhøyr, jf. Prop. 97 L (2021–2022).
Stortinget har vedteke endringar i reglane for behandlinga av straffesaker i gjeldande straffeprosesslov, jf. Prop. 146 L (2021–2022) og Innst. 609 L (2020–2021). Det overordna formålet er å oppnå ei meir effektiv straffesaksbehandling, som òg sikrar rettstryggleiken. Lovendringane legg til rette for auka dommarstyring, dels ved at det faktiske grunnlaget til retten for saksstyring blir styrkt, dels ved at retten blir gitt meir effektive styringsverktøy. Lovendringane vil bidra til å korte ned forhandlingane i retten, særleg i større straffesaker. Ei anna viktig endring er ei innskjerping av fristen for framstilling av personar for varetektsfengsling. Endringa er i samsvar med dei folkerettslege forpliktingane til Noreg.
Kap. 61 Høyesterett
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Betegnelse | Regnskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
01 | Driftsutgifter, kan nyttes under kap. 410, post 01 og kap. 411, post 01 | 122 291 | 125 332 | 128 079 |
Sum kap. 0061 | 122 291 | 125 332 | 128 079 |
Hovudoppgåva til Høgsterett er å arbeide for rettsavklaring og rettsutvikling. Høgsterett behandlar ankar over avgjerder som er tekne av lågare domstolar, både i sivile saker og i straffesaker, men tek ikkje stilling til skuldspørsmålet i straffesaker. I 2021 tok Høgsterett til saman imot om lag 2 260 ankesaker. Høgsterett behandla 59 sivile saker og 29 straffesaker i avdeling. I tillegg vart éi sivil sak avgjord av Høgsterett i plenum, og éi sivil sak og éi straffesak vart avgjorde av Høgsterett i storkammer. Høgsterett i plenum gav dessutan ei utgreiing til Stortinget etter Grunnlova § 83.
I 2022 vart saksbehandlinga i Høgsterett tidvis prega av aksjonen til Advokatforeningen. I november 2021 bad Advokatforeningen alle forsvararar med møterett i Høgsterett om å ikkje å stille opp når domstolen planla straffesaker som skulle opp for Høgsterett. Bakgrunnen for aksjonen var eit krav om høgare kompensasjon for advokatar som tek offentlege oppdrag, og ein rett til å forhandle direkte med regjeringa i spørsmål om økonomisk kompensasjon. Konsekvensen av aksjonen var at behandlinga av ei rekkje straffesaker i Høgsterett vart utsette. Aksjonen vart avslutta i mai 2022, og alle sakene som vart råka av aksjonen er nå beramma.
Post 01 Driftsutgifter, kan nyttes under kap. 410, post 01 og kap. 411, post 01
Løyvinga dekker faste og variable lønnskostnader og andre driftsutgifter som følgjer av verksemda til Høgsterett. Det var 22 dommarar og 52 andre tilsette ved Høgsterett per 31. desember 2021.
Det blir foreslått ei løyving på 128,1 mill. kroner på posten.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2023 får fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 61, post 01, mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3061, post 03, jf. forslag til vedtak.
Kap. 410 Domstolene
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Betegnelse | Regnskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
01 | Driftsutgifter, kan nyttes under kap. 61, post 01 og kap. 411, post 01 | 2 825 361 | 2 909 922 | 2 840 398 |
21 | Spesielle driftsutgifter | 89 607 | 88 110 | 101 354 |
22 | Vernesaker/sideutgifter, jordskiftedomstoler, kan overføres | 3 018 | 2 777 | 2 850 |
Sum kap. 0410 | 2 917 986 | 3 000 809 | 2 944 602 |
Domstolane er uavhengige. Korkje Stortinget, regjeringa eller andre styresmakter kan instruere eller påverke domstolane i den dømmande verksemda. Kompetansen til domstolane omfattar bl.a. å utøve kontroll med den lovgivande og den utøvande makta. Domstolane skal sikre at individ får rettane sine etter Grunnlova, lover og internasjonale konvensjonar som staten er bunden av. Domstolane skal avgjere dei sakene dei får til behandling, forsvarleg og til rett tid.
Mål for saksbehandlingstid
Måla for gjennomsnittleg saksbehandlingstid i dei alminnelege domstolane, dvs. i tingrettane og lagmannsrettane, gjeld både for straffesaker og sivile saker (tvistesaker) og blir vedtekne årleg gjennom Stortinget si behandling av Prop. 1 S. Måla gjeld samla for domstolane og for kvar enkelt domstol. Domstolane må dessutan oppfylle enkelte lovbestemte fristar.
Boks 2.1 viser kva for sakstypar Stortinget har sett mål for saksbehandlingstid.
Boks 2.1 Stortinget har sett mål for domstolane i desse sakstypane
Tingrettane
Sivile saker:
Tvistesaker: rettsleg (sivil) tvist som normalt blir behandla etter reglane i tvistelova.
Straffesaker:
Meddomsrettssaker: ordinære straffesaker der både skuld og straff skal avgjerast. Retten blir sett med éin fagdommar og to meddommarar.
Einedommarsaker: avgjerder i straffesaker (inkludert avgjerder som er tekne under etterforskinga) som blir avgjorde av éin dommar.
Lagmannsrettane
Sivile saker:
Anke over dom i tvistesak: ein sivil dom som blir anka.
Straffesaker:
Meddomsrettsaker – bevisanke1: straffesaker ved anke over skuldspørsmålet. Retten blir sett med to fagdommarar og fem meddommarar.
Meddomsrettssaker – avgrensa anke: straffesaker ved anke over straffutmålinga i saker med strafferamme på over seks år. Retten blir sett med to fagdommarar og fem meddommarar.
Fagdommarsaker: straffesaker ved anke over straffeutmålinga i saker med strafferamme på inntil seks år pluss straffesaker ved anke over lovbruk eller saksbehandling (uansett strafferamme). Retten blir sett med tre fagdommarar.
1 Tidlegare vart desse sakene med strafferamme på over seks år avgjorde av ein jury (lagrettesaker med tre fagdommarar og ti lagrettemedlemmer), og sakene med strafferamme på inntil seks år vart avgjorde med ein meddomsrett med tre fagdommarar og fire meddommarar. Juryordninga vart avvikla 1. januar 2018. Med lovendringa blir alle straffesaker i lagmannsretten, med unntak av fagdommarsakene, avgjorde av ein meddomsrett med to fagdommarar og fem meddommarar.
Straffesaker i tingrettane og lagmannsrettane
Tingrettane behandlar i overkant av 50 000 einedommarsaker kvart år. Dei fleste sakene er avgjerder som er tekne under etterforskinga, medan ein mindre del er varetektsfengslingar, førarkortbeslag og tilståingssaker. Alle tingrettane nådde måla til Stortinget for gjennomsnittleg saksbehandlingstid i 2021. Den gjennomsnittlege saksbehandlingstida var 0,4 md.
I 2021 kom det inn nærmare 14 000 meddommarsaker til tingrettane, og tingrettane behandla om lag like mange saker. Ved utgangen av 2021 var det registrert om lag 3 300 restansar, ein nedgang på 4 pst. i forhold til året før. Den gjennomsnittlege saksbehandlingstida på nasjonalt nivå var på 2,8 md. i 2021. Til samanlikning var saksbehandlingstida 3,2 md. i 2020. 10 av 23 tingrettar hadde ein gjennomsnittleg saksbehandlingstid på meir enn 3 md. i 2021.
Straffesaker som kjem til lagmannsrettane, blir først vurderte i ankeutvala. Kvar lagmannsrett har eit eige ankeutval. Ikkje alle ankar blir vist til ordinær ankebehandling. Viss anken ikkje blir vist til ordinær ankebehandling, vil tingrettsavgjerda vere den endelege avgjerda i saka. Frå og med 2020 vart tilgangen til å nekte ankar fremma utvida til å omfatte ankar som gjelder brotsverk som kan medføre fengsel i meir enn 6 år. For desse ankane, er det berre ankar som klart ikkje vil føre fram, som kan bli nekta ny behandling av ankeutvala. Tidlegare vart slike ankar alltid realitetsbehandla.
I 2021 fekk lagmannsrettane inn omtrent like mange straffeankar til ankeprøving som i 2020. Delen saker som blir vist til behandling, var lågare i 2020 og 2021 samanlikna med åra før. Samanlikna med 2020 vart det i 2021 vist færre avgrensa ankar i meddomsrett til behandling, men fleire bevisankar. I 2021 behandla lagmannsrettane fleire saker enn talet på saker som vart viste til behandling. Dette gjeld for alle fire straffesakstypane, og restansane av saker til behandling vart dermed arbeidde ned i løpet av 2021.
Tabell 2.2 Mål for gjennomsnittleg saksbehandlingstid
Sakstype | Mål i månader | |
---|---|---|
Tingrettane | Lagmannsrettane | |
sivile saker (tvistesaker) | 6 | 6 |
straffesaker (meddomsrettssaker) | 3 | 3 |
straffesaker (einedommarsaker) | 1 | – |
Den gjennomsnittlege saksbehandlingstida for straffesaker som vart realitetsbehandla i 2021, auka for avgrensa ankar. For resten av straffesakstypane gjekk saksbehandlingstida ned. Ingen av lagmannsrettane nådde måla til Stortinget for gjennomsnittleg saksbehandlingstid for straffesaker i 2021. Dette gjeld for alle straffesakstypane.
I tillegg til at Stortinget har fastsett mål for gjennomsnittleg saksbehandlingstid, har straffeprosesslova § 275 fristar for saksbehandlinga i straffesaker. I saker der den sikta var under 18 år på handlingstidspunktet eller er varetektsfengsla når saka blir fastsett i tid og stad, gjeld særskild frist for når hovudforhandlinga skal starte opp. Fristane er ikkje absolutte. I mange tilfeller kan det vere relevante årsaker til at fristane blir overskridne. I 2021 sette tingrettane i gang hovudforhandlinga etter fristen i 60 pst. av sakene der den sikta var i varetekt. I saker der den sikta var under 18 år, vart hovudforhandlinga sett i gang etter fristen i 56 pst. av sakene. I lagmannsrettane vart tidspunktet for hovudforhandlinga fastsett etter fristen i 39 pst. av straffeankane. I saker der den sikta sit i varetekt, vart ankeforhandlinga sett i gang etter fristen i 80 pst. av sakene i 2021, mot 77 pst. av sakene i 2020.
Tvistesaker i tingrettane og lagmannsrettane
I 2021 kom det inn rundt 12 300 tvistesaker til tingrettane, om lag 5 pst. færre saker enn året før. Talet på slutta saker var høgare enn talet på saker som kom inn. Ved utgangen av 2021 var om lag 6 100 tvistesaker i restanse i tingrettane. Det er ein nedgang på omtrent 600 saker i forhold til 2020. Den gjennomsnittlege saksbehandlingstida for tvistesaker var samla sett på 5,6 md., men ein av fire tingrettar nådde ikkje målet til Stortinget om ei gjennomsnittleg saksbehandlingstid på under 6 md. Det kom inn om lag 1 750 sivile ankar over dom til lagmannsrettane i 2021, og lagmannsrettane behandla nesten 2 000 saker det same året. Talet på restansar vart redusert med omtrent 20 pst. i 2021. Ved utgangen av 2021 var det omtrent 800 restansar. Samla for alle lagmannsrettane var den gjennomsnittlege saksbehandlingstida i 2020 lengre enn målet på seks månader. To av dei seks lagmannsrettane nådde Stortinget sine mål for saksbehandlingstid.
Både talet på rettsmeklingsmøte og talet på saker som er forlikte som resultat av rettsmekling, har auka dei siste seks åra. I tingrettane vart det halde rettsmeklingsmøte i om lag 2 100 av tvistesakene i 2021. Om lag 68 pst. av dei mekla sakene enda med forlik etter rettsmekling. I lagmannsrettane vart 10 pst. av sakene rettsmekla. Det vart inngått rettsforlik etter rettsmekling i 69 pst. av dei mekla sakene.
Som figuren nedanfor viser, er det relativt store og vedvarande skilnader i gjennomsnittleg saksbehandlingstid mellom ulike typar tvistesaker. Saksbehandlingstida i tingrettane for barnelovsaker er særleg lang. Dette er fordi partane kan inngå ein mellombels avtale om samvær med barnet eller barna.
Saksavvikling og saksbehandlingstid i jordskifterettane
I 2021 fekk jordskifterettane inn nærmare 1 400 saker. Talet på nye saker gjekk ned med 1 pst. samanlikna med 2020. Det kom inn fleire rettsfastsetjande og færre rettsendrande saker i 2021 i forhold til 2020. For skjønn og saker om gjenopning er det berre mindre endringar i 2021 samanlikna med året før. Jordskifterettane avslutta litt meir enn 1 300 saker i 2021. Det er ein auke på 4 pst. samanlikna med året før. Talet på saker som ligg føre, auka litt frå 2020 til 2021.
Den gjennomsnittlege saksbehandlingstida for avslutta saker var 16 md. i 2021. Det var store skilnader i gjennomsnittleg saksbehandlingstid mellom dei enkelte jordskifterettane. Den lange saksbehandlingstida gjer jordskifterettane mindre relevante og attraktive som problemløysarar.
Digitalisering av domstolane
Brukarane forventar at domstolane nyttiggjer seg av digitale verktøy og tilbyr brukarvennlege digitale tenester på lik linje med andre offentlege verksemder. Domstolane tek del i det digitale skiftet. Den overordna ambisjonen er å realisere ein heildigital og saumlaus rettsprosess. Dette legg til rette for effektiv saksavvikling, kortare saksbehandlingstider, meir transparent saksbehandling og meir tilgjengelege domstolar. Sentrale digitaliseringssatsingar er prosjekta Digitale domstolar, Digitale domstolar II, utprøvingsprosjektet Opptak i retten (lyd- og biletopptak i retten) og Elektronisk samhandling mellom aktørane i straffesakskjeda (ESAS).
Prosjektet digitale domstolar vart sett i gong i 2017, og det har gjort det mogleg å halde papirlause rettsmøte og lagt til rette for digital samhandling mellom domstolane og advokatar. Totalt er det no mogleg å nytte videokonferanse i cirka 90 pst. av alle rettssalane. Ca. 30 pst. av alle rettssalar er rekna som heildigitale. Domstolane og advokatar kan utveksla dokument og saksinformasjon digitalt gjennom Aktørportalen. Løysinga er no opna for fleire sakstypar, som tvang og konkurs i tillegg til i saker for Utmarksdomstolen. Salærbehandling for både tviste- og straffesaker blir òg gjort i portalen. I 2022 vart det gjort endringar som gjorde at meddommarar òg kan bruke portalen. Ein første versjon som opnar for at sjølvprosederande partar kan nytte portalen i saker for jordskifteretten er òg teken i bruk. Samstundes har domstolane i 2022 teke i bruk betre digitale løysingar for tillysingav saker og for bestilling av tolkar.
Digitale domstolar II er ei utviding av det opphavlege prosjektet som omfattar alle domstolar og rettsstader, inklusiv jordskifterettane. Prosjektet strekkjer seg over fire år (2021–2024). I denne perioden skal det investerast i meir teknisk utstyr og produktutvikling. Ein sentral del av satsinga er å betre den digitale grunnsikringa i samhøve med den nasjonale strategien for digital tryggleik. Det er særleg viktig å ta omsyn til informasjonstryggleik og personvern i arbeidet med å digitalisere domstolane.
Prosjektet Elektronisk samhandling mellom aktørane i straffesakskjeda (ESAS) er eit av satsingsområda for å effektivisere straffesakskjeda. Stortinget vedtok etter forslag frå regjeringa ei løyving på 25 mill. kroner i 2022 til å vidareutvikle automatisering og digitalisering av den elektroniske informasjonsutvekslinga mellom aktørane i straffesakskjeda (ESAS). Arbeidet med å vidareutvikle ESAS vil gå for seg over fleire år (2022–2025). Prosjektet blir gjennomført i tett samarbeid mellom Domstoladministrasjonen (DA), Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), Politidirektoratet og Den høgare påtalemakta (DHP). Fleire verksemder skal òg bli kopla på ein felles teknisk plattform som er utvikla, Justishub. Tiltaket vil bidra til ei sikrare og meir effektiv straffesakskjede og auka rettstryggleik.
Domstoladministrasjonen har sidan 2016 hatt eit prøveprosjekt med lyd- og biletopptak av rettsforhandlingar i utvalde domstolar. Departementet forventar å motta sluttrapport i løpet av hausten 2022.
Domstollokale
Domstoladministrasjonen forvaltar litt meir enn 100 leigeobjekt med om lag 450 rettssalar. Fleire domstolar har lokale som ikkje er formålstenlege. Dette påverkar både brukarar og tilsette og med det saksavviklinga i domstolane. Regjeringa meiner at det er viktig å ha tilgjengelege og funksjonelle rettslokale der folk bur. I dei neste åra er det behov for å inngå fleire nye avtalar for at rettslokala framleis skal kunne vere der dei er i dag. Det er behov for større eller mindre oppgraderingar ved det eksisterande leigeforholdet ved om lag 40 domstollokale. Domstoladministrasjonen følgjer opp inngåing av nye leigeforhold tett.
Rehabilitering av Bergen tinghus
I statsbudsjettet for 2022 vart det løyvd 40 mill. kroner til forprosjektering for rehabilitering av Bergen tinghus. Prosjektet inneber òg at det blir etablert tilleggslokale for arbeidsplassar til tilsette utanfor tinghuset. Det blir foreslått å løyve 16 mill. kroner til å vidareføre forprosjektet i 2023. Sjå omtale i Prop. 1 S (2022–2023) til Kommunal- og distriktsdepartementet.
Forprosjektet starta i 2021 og vil bli ferdigstilt tidleg i 2023. Det skal deretter gjennomgå ekstern kvalitetssikring (KS2), med sikte på at Stortinget kan ta stilling til forslag til kostnadsramme og startløyving ved behandlinga av budsjettforslaget for 2024.
Som eit førebuande tiltak foreslår regjeringa at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å pådra staten forpliktingar utover budsjettåret for inngåing av leigeavtalar i samband med rehabiliteringa av Bergen tinghus. Ei slik fullmakt vart vedteken av Stortinget i samband med revidert nasjonal budsjett 2022, og det er behov for å vidareføre denne i 2023. Regjeringa foreslår på denne bakgrunn at Stortinget samtykkjer i at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å pådra staten forpliktingar utover budsjettåret for inngåing av leigeavtalar i samband med rehabiliteringa av Bergen tinghus, jf. forslag til vedtak.
Drammen tinghus
Sidan 2019 har det gått for seg eit arbeid med forprosjekt for nytt tinghus i Drammen. Tinghuset vil vere ei samlokalisering av Buskerud tingrett, Vestre Viken jordskifterett og Borgarting lagmannsrett i Drammen. Bygginga av nytt tinghus vart sett i gang hausten 2021, og planlagt innflytting er hausten 2023.
Post 01 Driftsutgifter, kan nyttes under kap. 61, post 01 og kap. 411, post 01
Løyvinga dekker alle ordinære driftsutgifter i domstolane (ikkje forliksråda), medrekna faste og variable lønnsutgifter og lønnsutgifter til tilkalla og ekstraordinære dommarar i tingrettane, jordskifterettane og lagmannsrettane. Løyvinga dekker vidare alle ordinære driftsutgifter og investeringar knytte til dei enkelte domstolane, utgifter til Finnmarkskommisjonen og Utmarksdomstolen for Finnmark.
Per 31. desember 2021 ugjorde bemanninga ved tingrettane 575,3 dømmande årsverk og 654,8 andre årsverk. Bemanninga ved lagmannsrettane utgjorde 198,1 dommarårsverk og 126,1 andre årsverk. Bemanninga ved jordskifterettane utgjorde 90,9 dommarårsverk og 135,1 andre årsverk per 31. desember 2021.
Det blir foreslått å vidareføre satsinga på digitalisering av domstolane med 45,3 mill. kroner til prosjekta Digitale domstolar I og Digitale domstolar II i 2023. Det blir foreslått å redusere løyvinga med 20 mill. kroner som følgje av vinstar frå prosjekta Digitale domstolar.
For 2022 vart det løyvd 25 mill. kroner til digitaliseringsprosjektet Elektronisk samhandling i straffesakskjeda (ESAS). For 2023 blir det foreslått å auke løyvinga med 17,7 mill. kroner til totalt 42,7 mill. kroner for å vidareføre prosjektet.
Det blir vidare foreslått å redusere løyvinga med 18 mill. kroner for å redusere delen dommarfullmektigar i tingrettane.
Løyvinga til Domstoladministrasjonen blir foreslått førte over til eit eige kapittel, kap. 411, post 01. Det blir foreslått å overføre 82,7 mill. kroner frå posten til kap. 411 post 01.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2023 får fullmakt til å overskride løyvinga over kap. 410, post 01, mot tilsvarande meirinntekter over kap. 3410, post 02 og 03, jf. forslag til vedtak.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 2 840 mill. kroner.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Løyvinga på posten dekker utgifter som etter rettsgebyrlova er inkluderte i rettsgebyret, jf. kap. 3410, t.d. kunngjeringsutgifter, nødvendige utgifter ved tvangsforretningar, registrering m.m. under offentleg bubehandling og forkynning som er nødvendig etter lova. I enkelte saker blir utgifter til meddommarar, vitne og rettsvitne m.m. dekte. Løyvinga dekker òg arbeidsgivaravgift av godtgjersle til meddommarar og tolkar i sivile saker der partane sjølv dekker godtgjersla.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 101,4 mill. kroner.
Post 22 Vernesaker/sideutgifter, jordskiftedomstoler, kan overføres
Jordskiftedomstolane har heimel til å krevje inn sideutgifter i visse saker. Sideutgiftene skal dekke det tekniske arbeidet i desse sakene. Utgiftene skal førast i eigne saksrekneskapar.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2023 får fullmakt til å overskride løyvinga over kap. 410, post 22, mot tilsvarande meirinntekter over kap. 3410, post 04, jf. forslag til vedtak.
Det blir foreslått fullmakt til postering mot mellomverande med statskassa, jf. forslag til vedtak.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 2,9 mill. kroner.
Kap. 3410 Domstolene
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Betegnelse | Regnskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
01 | Rettsgebyr | 278 309 | 259 495 | 270 861 |
02 | Saks- og gebyrinntekter jordskiftedomstolene | 21 335 | 25 543 | 20 850 |
03 | Diverse refusjoner | 6 385 | 2 000 | 1 760 |
04 | Vernesaker jordskiftedomstolene | 2 014 | 2 426 | 2 426 |
Sum kap. 3410 | 308 043 | 289 464 | 295 897 |
Post 01 Rettsgebyr
Rettsgebyr (R) er eit grunngebyr som dannar utgangspunkt for utrekning av betaling for tenester i offentleg verksemd. Gebyret som blir betalt, er sett saman av grunngebyret R og ein multiplikator.
Det blir foreslått å auke rettsgebyret frå 1 223 kroner til 1 243 kroner med verknad frå 1. januar 2023.
Løyvinga på posten dekker inntekter frå gebyrpliktige oppgåver i domstolane i samband med tvistesaker, skjønn, skifte, konkurs, tvangsforretningar m.m.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 270,9 mill. kroner.
Post 02 Saks- og gebyrinntekter jordskiftedomstolene
Løyvinga på posten omfattar inntekter ved at partane i saka betaler gebyr.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2023 får fullmakt til å overskride løyvinga over kap. 410, post 01, mot tilsvarande meirinntekter over kap. 3410, post 02, jf. forslag til vedtak.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 20,9 mill. kroner.
Post 03 Diverse refusjoner
Posten dekker refusjonar som blir brutto inntektsførte ved domstolane i første instans og lagmannsrettane, bl.a. refusjonar etter avrekning av energiutgifter m.m.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2023 får fullmakt til å overskride løyvinga over kap. 410, post 01, tilsvarande meirinntekter over kap. 3410, post 03, jf. forslag til vedtak.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 1,8 mill. kroner kroner.
Post 04 Vernesaker jordskiftedomstolene
Løyvinga på posten samsvarer med tilsvarande utgifter over kap. 410, post 22.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2023 får fullmakt til å overskride løyvinga over kap. 410, post 22, mot tilsvarande meirinntekter over kap. 3410, post 04, jf. forslag til vedtak.
Det blir foreslått fullmakt til postering mot mellomverande med statskassa, jf. forslag til vedtak.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 2,4 mill. kroner.
Kap. 411 Domstoladministrasjonen
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Betegnelse | Regnskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
01 | Driftsutgifter, kan nyttes under kap. 61, post 01 og kap. 410, post 01 | 82 700 | ||
Sum kap. 0411 | 82 700 |
Domstoladministrasjonen har det administrative ansvaret for dei alminnelege domstolane (ikkje forliksråda), jordskiftedomstolane, Finnmarkskommisjonen, Utmarksdomstolen for Finnmark, Tilsynsutvalet for dommarar og Innstillingsrådet for dommarar.
Post 01 Driftsutgifter, kan nyttes under kap. 410, post 01, og kap. 61, post 01
Løyvinga dekker alle ordinære driftsutgifter ved Domstoladministrasjonen og til Tilsynsutvalet for dommarar og Innstillingsrådet for dommarar. Bemanninga utgjorde 173,1 årsverk per 1. januar 2022.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2023 får fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 411, post 01, mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3411, post 03, jf. forslag til vedtak. Det blir foreslått ei løyving på posten på 82,7 mill. kroner.
Kap. 3411 Domstoladministrasjonen
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Betegnelse | Regnskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
03 | Diverse inntekter | 300 | ||
Sum kap. 3411 | 300 |
Post 03 Diverse refusjoner
Posten dekker refusjonar som blir brutto inntektsførte ved Domstoladministrasjonen, bl.a. kantineinntekter til Domstoladministrasjonen m.m. På posten blir det òg ført inntekter frå oppdrag Domstoladministrasjonen ev. utfører for andre. Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2023 får fullmakt til å overskride løyvinga over kap. 411, post 01, tilsvarande meirinntekter over kap. 3411, post 03, jf. forslag til vedtak.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 300 000 kroner.
Kap. 414 Forliksråd og andre domsutgifter
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Betegnelse | Regnskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
01 | Driftsutgifter | 257 568 | 275 251 | 278 546 |
21 | Spesielle driftsutgifter | 40 385 | 38 388 | 41 902 |
Sum kap. 0414 | 297 953 | 313 639 | 320 448 |
Forliksråda er det lågaste leddet i rettssystemet for sivile saker og er ein meklingsinstitusjon med avgrensa makt til å fastsetje dom. Hovudoppgåva til forliksrådet er å leggje til rette for at partane ved mekling eller dom får løyst saka enkelt, hurtig og rimeleg. Alle kommunar har forliksråd. Forliksrådet består av tre lekfolk og like mange varamedlemmer, som blir valde blant innbyggjarane til kommunane for fire år om gongen.
Forliksråda tok imot litt under 61 000 saker i 2021 og behandla nesten 63 000 saker. Talet på mottekne saker var 17 pst. lågare enn i 2020, medan talet på behandla saker gjekk ned med 16 pst. Gjennomsnittleg saksbehandlingstid for behandlinga av forliksklagar var 105 dagar i 2021. Til samanlikning var saksbehandlingstida 97 dagar i 2020. Virusutbrotet med tilhøyrande smitteverntiltak hadde innverknad på saksbehandlingstida i både 2020 og 2021.
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten dekker godtgjersle og tapt arbeidsforteneste til meddommarar, enkelte sakkunnige, vitne, rettsvitne m.m. og reiseutgiftene deira. Vidare dekker løyvinga utgifter til tolkar i sivile saker der partane har krav på tolk. Løyvinga på posten dekker òg utgifter til vitne som møter hos eller på annan måte gir forklaring til kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker, og utgifter til nødvendige blodprøver og DNA-testar i arbeidet til kommisjonen.
For 2023 blir det foreslått å redusere kompensasjonen til tolkar frå 4/5 til 2/3 av den offentlege salærsatsen, sjå omtale under kap. 466. Det blir derfor foreslått å redusere løyvinga med 1 mill. kroner.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 278,5 mill. kroner.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Posten dekker utgifter til godtgjersle og køyregodtgjersle til medlemmer av forliksråda og utgifter til nødvendige kompetansehevande tiltak.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 41,9 mill. kroner.
Programkategori 06.30 Straffegjennomføring og konfliktråd
Utgifter under programkategori 06.30 fordelte på postgrupper
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post-gr. | Betegnelse | Regnskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 | Pst. endr. 22/23 |
01-25 | Driftsutgifter | 5 478 524 | 5 488 242 | 5 728 280 | 4,4 |
30-49 | Nybygg, anlegg m.v. | 54 877 | 38 715 | 46 849 | 21,0 |
60-69 | Overføringer til kommuner | 126 165 | 110 972 | 125 505 | 13,1 |
70-89 | Overføringer til private | 59 856 | 61 856 | 62 521 | 1,1 |
Sum kategori 06.30 | 5 719 422 | 5 699 785 | 5 963 155 | 4,6 |
Utgifter under programkategori 06.30 fordelte på kapitler
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Betegnelse | Regnskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 | Pst. endr. 22/23 |
430 | Kriminalomsorgen | 5 349 650 | 5 323 174 | 5 412 380 | 1,7 |
431 | Kriminalomsorgsdirektoratet | 148 125 | |||
432 | Kriminalomsorgens høgskole og utdanningssenter | 190 073 | 202 528 | 225 241 | 11,2 |
433 | Konfliktrådet | 179 699 | 174 083 | 177 409 | 1,9 |
Sum kategori 06.30 | 5 719 422 | 5 699 785 | 5 963 155 | 4,6 |
1 Innleiing
Programkategorien omfattar løyvinga til kriminalomsorga, Kriminalomsorgsdirektoratet, Høgskulen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS og konfliktrådet.
Kriminalomsorga skal sjå til at dei som domstolane dømmer til straff, gjennomfører straffa, og dei skal stille varetektsplassar til disposisjon for politiet. God straffegjennomføring krev både rett samansett kapasitet og eit godt og rehabiliterande innhaldsarbeid. Mengda med oppgåver som kjem til kriminalomsorga er avhengig av aktivitetane og prioriteringane til politiet, påtalemakta og domstolane. Fleire oppklarte saker hos politiet og raskare behandling hos påtalemakta og domstolane gir større behov for kapasitet hos kriminalomsorga. Godt tilbakeføringsarbeid, effektiv førebyggjande innsats og meir bruk av administrative sanksjonar vil derimot bidra til å redusere behovet for kapasitet i kriminalomsorga.
Konfliktrådet bidrar til å førebyggje kriminalitet gjennom mekling og bruk av gjenopprettande prosessar. Gjennom dialog kjem partane fram til løysingar som kan bidra til at dei kjem seg vidare i livet. Konfliktrådet er ansvarleg for gjennomføringa av straffereaksjonane ungdomsstraff og ungdomsoppfølging, som rettar seg mot ungdom mellom 15 og 18 år med eit oppfølgingsbehov, og straffereaksjonen oppfølging i konfliktråd. På same måte som kriminalomsorga er også kapasitet og arbeidsmengde hos konfliktrådet avhengig av prioriteringar og aktivitetar hos politiet, påtale og domstolane.
2 Hovudprioriteringar for 2023
Ei av dei viktigaste oppgåvene til kriminalomsorga er tilbakeføring av straffedømde. God tilbakeføring føreset eit godt tilbod og aktivitet under straffegjennomføringa, og det er avgjerande at kriminalomsorga har tilstrekkeleg bemanning til å følgje opp dei domfelte. God bemanning er og viktig for å ivareta tryggleiken for innsette og tilsette. Den økonomiske situasjonen i kriminalomsorga har vore krevjande dei siste åra. Det har mellom anna ført til ein reduksjon i bemanninga. Det gjeld særleg talet på årsverk utført av timelønna vikarar. I 2022 vart løyvinga til kriminalomsorga auka med 50 mill. kroner, med ei heilårseffekt på 100 mill. kroner i 2023, for å sikre auka bemanning og betre innhald i kriminalomsorga.
For mange innsette får ikkje nok timar dagleg fellesskap med andre. Regjeringa foreslår å auke løyvinga med 45 mill. kroner i 2023 for å auke grunnbemanninga i fengsla og redusere bruken av isolasjon. Forslaget har ei heilårseffekt på 90 mill. kroner frå 2024.
Fleire av fengsla er gamle og manglar areal for aktivitet og fellesskap mellom innsette. Regjeringa prioriterer vedlikehald av bygg i kriminalomsorga bl.a. gjennom rehabiliteringa av Ila fengsel og forvaringsanstalt og utviding av Romerike fengsel, avdeling Ullersmo som ein del av erstatningskapasiteten for nytt Oslo fengsel. Regjeringa foreslår å løyve 75 mill. kroner til utbygginga i 2023, irekna om lag 13 mill. kroner under kriminalomsorga. Sjå òg omtale i Prop. 1 S (2022–2023) for Kommunal- og distriktsdepartementet.
Kap. 430 Kriminalomsorgen
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Betegnelse | Regnskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
01 | Driftsutgifter, kan nyttes under kap. 431, post 01 | 5 034 704 | 5 043 900 | 5 105 958 |
21 | Spesielle driftsutgifter, kan overføres, kan nyttes under kap. 430, post 01 | 110 281 | 103 884 | 108 410 |
45 | Større utstyrsanskaffelser og vedlikehold, kan overføres | 54 877 | 38 715 | 46 849 |
60 | Refusjoner til kommunene, forvaringsdømte mv., kan overføres | 112 554 | 100 441 | 114 991 |
70 | Tilskudd | 37 234 | 36 234 | 36 172 |
Sum kap. 0430 | 5 349 650 | 5 323 174 | 5 412 380 |
3 Innleiing
Kriminalomsorga gjennomfører straff i fengsel og i samfunnet. Straffegjennomføring skal skje på ein måte som er tryggjande for samfunnet. Det er eit mål at gjennomføringa skal motverke nye straffbare handlingar.
Fleirtalet av dei som gjennomfører straff, gjer det i samfunnet. Det er færre som blir sette i fengsla i dag enn tidlegare. Samstundes sit domsinnsette i snitt lenger i fengsel no enn før.
Straff i samfunnet, irekna straffereaksjonane samfunnsstraff, bøteteneste, vilkårsbunden dom med narkotikaprogram med domstolskontroll (ND) og vilkårsbunden dom med program mot ruspåverka køyring, blir gjennomført av friomsorgskontora. Det same gjeld straffegjennomføring med elektronisk kontroll. Ordninga gjer det mogleg for domfelte å behalde bustad og arbeid under straffegjennomføringa, og ho er òg eit viktig verkemiddel i tilbakeføringa av domfelte til samfunnet. Straffegjennomføring i institusjon eller på sjukehus (straffegjennomføringslova § 12,13) er aktuelt i dei tilfella der domfelte har behov for heildøgnsopphald.
4 Ei god og effektiv kriminalomsorg
Domfelte har lik rett på offentlege tenester som andre. Det gjeld både dei som er innsette i fengsel, og dei som gjennomfører straff i samfunnet. Ei god og rehabiliterande straffegjennomføring krev derfor eit tett samarbeid mellom kriminalomsorga og velferdstenestene. Det er dei ordinære velferdstenestene som helse, utdanning, bibliotek og arbeidsretta og sosiale tenester som skal yte offentlege tenester, medan kriminalomsorga skal leggje til rette for samarbeidet.
Justis- og beredskapsdepartementet ønskjer å vidareutvikle samarbeidet med dei andre departementa med ansvar for velferdstenester i fengsla for å sikre eit godt og likeverdig tenestetilbod til dei innsette.
4.1 Redusert tilbakefall
Det er eit overordna mål for kriminalomsorga å redusere tilbakefall til ny kriminalitet og å få fleire domfelte i utdanning og arbeid etter at dei har gjennomført straffa si. Talet på sikta personar med tilbakefall til ny kriminalitet i løpet av fem år er redusert sidan starten av 2010-talet, jf. omtale under hovudinnleiinga punkt 1.7.
Å leggje til rette for aktivitetar blant dei innsette er ei viktig oppgåve for kriminalomsorga. Som ein konsekvens av smitteverntiltaka i fengsla gjekk delen innsette som er aktiviserte gjennom arbeid, skule, programverksemd og fritidsaktivitetar, ned i 2020 og 2021, jf. tabell 2.3. Hittil i 2022 er delen aktiviserte på 79 pst., to prosentpoeng høgare enn i 2021.
Regjeringa vil arbeide for å styrke innhaldet i straffegjennomføringa. I 2021 vart det etablert fleire nye aktiviseringsteam som skal bidra til auka aktivisering av innsette i fengsla. Som følgje av auka løyving i 2022 vil fire nye team bli etablerte i 2022. Delar av løyvinga i 2022 er nytta til ein auke i programverksemda.
Tabell 2.3 Del av fengselsdøgn med aktivitet, 2018–20221
2018 | 2019 | 2020 | 2021 | 2022 | |
---|---|---|---|---|---|
Fengselsdøgn med aktivitet | 82 | 82 | 77 | 77 | 79 |
1 Talet for 2022 gjeld det første halvåret. Tala er oppførte i prosent.
Det er eit mål for regjeringa at barn ikkje skal sitje i fengsel saman med vaksne. Kriminalomsorga har to landsdekkande ungdomseiningar med høvesvis fire plassar kvar for innsette mellom 15 og 18 år.
Det sit om lag 350 unge mellom 18 og 24 år i norske fengsel i dag. Domfelte over 18 år blir etter dagens regelverk definert som vaksne, og dei skal som hovudregel gjennomføre straff i ordinære fengsel. Det er ein sårbar overgang når barn i fengsel fyller 18 år og skal bli overførte frå ungdomseining til ordinært fengsel. I 2021 vart det etablert eit ungdomsteam i kriminalomsorga som skal følgje opp unge innsette i aldersgruppa 18 til 24 år. Erfaringane med teamet er gode. Som ei følgje av auka løyving til kriminalomsorga i 2022 er det etablert ytterlegare to team. Desse vil òg få eit ansvar for å gi ei tilpassa oppfølging av unge domfelte som gjennomfører straff i samfunnet. Om lag 400 unge gjennomfører til kvar tid straff i samfunnet. I 2022 vil nye stillingar som ungdomsansvarlege ved dei største friomsorgskontora bli oppretta. Dei ungdomsansvarlege skal ha ansvar for at tilbodet til dei unge er av høg fagleg kvalitet og tilrettelagd for målgruppa.
4.2. Utfordring med isolasjon og psykisk sjuke innsette
I dei seinare åra har det vore endringar i gruppa av innsette i norske fengsel. Fleire innsette er dømde for det som kan karakteriserast som alvorlege lovbrot, og ein betydeleg del har samansette utfordringar og treng psykiatrisk hjelp. Psykiske lidingar blant innsette bidrar til isolasjon, noko som igjen kan forsterke psykiske lidingar. Kriminalomsorga har sett i verk tiltak for å sikre at ingen innsette er heilt isolerte og talet på innsette med under to timars fellesskap er gått ned den siste tida, jf. figur 2.4.
Tilstrekkeleg bemanning i kriminalomsorga er viktig for å førebygge isolasjon. I 2023 foreslår regjeringa å løyve 45 mill. kroner for å ytterlegare redusere isolasjon. Løyvinga skal gå til auka grunnbemanning i dei fengsla der behovet er størst, herunder fleire aktiviseringsteam.
Det er eit mål for kriminalomsorga å redusere bruk av tvangsmidlar i fengsla.
I 2021 vart det løyvd midlar til etablering av eit nasjonalt ressursteam for kvinner ved Bredtveit fengsel og forvaringsanstalt. Løyvinga vart styrkt i 2022 for å sikre heilårsdrift av teamet. Midlane blir vidareførte i 2023.
I 2020 blei det etablert ei Nasjonal forsterka fellesskapsavdeling ved Ila fengsel og forvaringsanstalt. Avdelinga skal bidra til å førebygge og hindre langvarig isolasjon for innsette med omfattande psykiske lidingar og skal være bemanna med personell frå kriminalomsorga og helsetenestene. Avdelinga er mellombels plassert ved Romerike fengsel, avdeling Ullersmo i påvente av eit nybygg ved Ila fengsel og forvaringsanstalt, som etter planen skal stå klart første halvår 2023.
Justis- og beredskapsdepartementet går gjennom lovverket om utestenging frå fellesskapet og bruk av tvangsmiddel i kriminalomsorga, med sikte på å foreslå lovendringar som kan bidra til å redusere omfanget av isolasjon. Departementet har vidare hatt på høyring forslag til nye reglar om tilsynsråd for kriminalomsorga. Forslaget inneber ei styrking av tilsynet, bl.a. ved at tilsynsrådet får eit klarare mandat enn i dag og eit sekretariat som kan leggje til rette for eit aktivt tilsyn, og ved at tilsynsarbeidet skal planleggjast under eitt for heile landet.
Helseregionane fekk i 2021 i oppgåve å etablere områdefunksjonar for spesialisthelsetenesta innanfor psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling for innsette. Funksjonen sikrar faste stadlege tenester i alle fengsel.
4.3. Utvikling i kapasitet i kriminalomsorga
Ein rett samansett kapasitet og ei god utnytting av kapasiteten sikrar ei effektiv kriminalomsorg. Det er eit mål at domfelte startar straffegjennomføringa så raskt som mogleg etter domsavgjerda, at sikta som er varetektsfengsla, blir overførte frå politiarrest til fengsel innan fastsett frist, og at soningskøen er på eit stabilt lågt nivå.
Som ein konsekvens av covid-19-pandemien har kriminalomsorga sett i verk tiltak for smittevern i både 2020 og 2021. Smitteverntiltaka medførte bl.a. ein mellombels auke i soningskøen. Eit målretta arbeid i kriminalomsorga sidan 2020 har resultert i at soningskøen igjen er redusert. Definisjonen av soningskø tek utgangspunkt i at alle typar straffereaksjonar skal starte innan 60 dagar etter at kriminalomsorga har teke imot den rettskraftige dommen. Primo september 2022 var soningskøen på 190 dommar, jf. figur 2.5. Dei dommane i soningskøen som skal gjennomførast i fengsel, har i snitt vore i soningskøen i 62 dagar.
Som ei følgje av smitteverntiltaka og for å ha nok plassar til beredskap ved utbrot av smitte, gjekk kapasitetsutnyttinga i fengsla ned i 2020 og 2021.
Talet på forvaringsdømde har auka dei siste åra. Per 1. juli 2022 var det 158 forvaringsinnsette, ei dobling i talet målt mot 2011. Forvaring kan givast når ei ordinær tidsavgrensa fengselsstraff ikkje blir sett som tilstrekkeleg til å verne samfunnet. Forvaringsstraff skal gjennomførast med ein større grad av individuell tilrettelegging, og det er derfor behov for plassar særskilt tilpassa dei forvaringsdømde. Som ei følgje av auka løyving til kriminalomsorga i 2022 er det oppretta ti nye forvaringsplassar.
Tabell 2.4 Kapasitetsutnytting i fengsel, 2018–20221
2018 | 2019 | 2020 | 2021 | 2022 | |
---|---|---|---|---|---|
Kapasitetsutnytting i fengsel (totalt) | 88 | 89 | 85 | 84 | 86 |
Høgt tryggingsnivå | 89 | 88 | 87 | 85 | 87 |
Lågare tryggingsnivå | 86 | 91 | 80 | 82 | 83 |
1 Tala for 2018–2019 omfattar dubleringskapasitet. Tala for 2022 gjeld per fyrste halvår 2022. Tala er oppførte i prosent.
Kriminalomsorga har som mål at kvinner ikkje skal gjennomføre straff saman med menn. Det er fire fengsel, irekna separate lokaliserte fengelsavdelinger, som berre har plassar for kvinnelege innsette. I tillegg gjennomfører kvinner straff ved eigne avdelingar i andre fengsel. I 2021 utgjorde kvinnelege innsette om lag 5 pst. av alle innsette. I juni 2022 var om lag 5 pst. av dei som venta på å gjennomføre straff i fengsel, kvinner. Over 70 pst. av kvinnelege domfelte gjennomfører straffa i samfunnet. Om lag 60 pst. av kvinnene med dom utan vilkår på fengselsstraff gjennomfører straffa med elektronisk kontroll i eigen heim. Som følgje av auka løyving til kriminalomsorga i 2022 er kapasiteten på elektronisk kontroll utvida.
Fleire fengsel treng vedlikehald. Det er gjennomført fleire byggje- og vedlikehaldsprosjekt ved fengsla, både for å redusere vedlikehaldsetterslepet og for å møte utfordringane med isolasjon og mangelfulle fellesskapslokale. Særleg viktig er det pågåande rehabiliteringsprosjektet ved Ila fengsel og forvaringsanstalt, som etter planen skal ferdigstillast i 2023. Rehabiliteringa vil gi ei bygningsmessig oppgradering, men òg betre fellesskapsareal og areal for helsetenesta. Den største bygningsmessige utfordringa er eit nytt fengsel til erstatning for Oslo fengsel. For å sikre snarleg erstatningskapasitet for nokre av plassane ved Oslo fengsel foreslår regjeringa å utvide Romerike fengsel, avdeling Ullersmo med netto 76 plassar. Sjå òg omtale under forslag til romartalsvedtak.
Statsbygg forvaltar dei fleste fengselsbygga og har ansvaret for vedlikehaldet. Løyvinga til vedlikehald og bygging av nye fengsel skjer over budsjettet til Kommunal- og distriktsdepartementet. Sjå programkategori 13.30, kap. 2445 Statsbygg, i Prop. 1 S (2022–2023) for Kommunal- og distriktsdepartementet. I perioden 2014–2021 vart fengsla haldne ved like for totalt om lag 1,7 mrd. kroner. For midlar i 2021 vart det bl.a. gjennomført rehabilitering ved Trondheim og Hustad fengsel.
4.4 Tryggleik i kriminalomsorga
Kriminalomsorga skal sikre ei gjennomføring av straff som varetek tryggleiken for både innsette og tilsette. Eit forsvarleg tryggingsnivå bidrar til å hindre at innsette rømmer frå fengsel, eller kan planleggje ny kriminalitet medan dei gjennomfører straff.
Kriminalomsorga nyttar i stor grad manuelle kontrolltiltak, men det blir no arbeidd med å innføre bruk av nye teknologiske hjelpemiddel.
Regjeringa er oppteken av ein trygg og forsvarleg overgang frå fengsel til fridom, både for samfunnet og for den innsette. Det skal derfor leggjast til rette for gradvis overgang frå fengsel til full fridom, også for dei forvaringsinnsette. Forvaringsdømde som har gjennomført minstetida dei vart dømde til, kan søke om prøvelauslating. I særlege tilfelle kan domstolane avgjere prøvelauslating med vilkår om at den domfelte har opphald i institusjon eller kommunal bueining. Dette skal skje innanfor trygge og forsvarlege rammer, som er tryggjande for samfunnet og som førebyggjer ny kriminalitet.
Justis- og beredskapsdepartementet skal vidare sjå på moglegheiter for bruk av elektronisk kontroll ved permisjonar og ved prøvelauslating, og på gjennomføring av varetekt som opphaldspåbod med elektronisk kontroll.
Omfanget av vald og trusselhendingar mellom innsette i 2021 var stabilt samanlikna med 2020, og er redusert samanlikna med 2019. Det er nokre få innsette med ein særskild problematikk som står for mange av hendingane.
Kriminalomsorga prioriterer høgt å styrke førebygginga av vald og truslar mot tilsette og mellom innsette, gjennom bl.a. opplæringstiltak, avviksbehandling og oppfølging av tilsette.
Tabell 2.5 Talet på registrerte situasjonar med vald eller truslar mot tilsette og mellom innsette, 2018–2022
2018 | 2019 | 2020 | 2021 | 20221 | |
---|---|---|---|---|---|
Situasjonar med vald eller truslar mot tilsette | 450 | 650 | 499 | 676 | 178 |
Situasjonar med vald eller truslar mellom innsette | 292 | 477 | 289 | 276 | 93 |
1 tall for 2022 er per 30.4.22 (1.tertial)
Post 01 Driftsutgifter, kan nyttes under kap. 431, post 01
Løyvinga skal dekke ordinære driftsutgifter (lønn, varer og tenester) i kriminalomsorga, irekna også fellestenester og utviklingsprosjekt for etaten. Lønn og andre ordinære driftsutgifter under Kriminalomsorgsdirektoratet blir dekte under kap. 431. Bemanninga i kriminalomsorga per 1. mars 2022 utgjorde 4492 fast tilsette årsverk. Posten dekker vidare utgifter til maskiner og utstyr, kontorutgifter, personalavhengige utgifter, husleige, programverksemd, aktiviseringstiltak og godtgjersler og kosthald for dei innsette.
Det blir foreslått å auke løyvinga med
45 mill. kroner til auka grunnbemanning i fengsla for å redusere isolasjon
50 mill. kroner for å sikre auka bemanning og betre innhald i kriminalomsorga (helårseffekt av løyvinga i 2022)
5,8 mill. kroner til utbygging av Romerike fengsel, avdeling Ullersmo
6,5 mill. kroner til husleige pga. rehabiliteringa av Ila fengsel og forvaringsanstalt
4,6 mill. kroner til endra tidspunkt for klasseopptak på KRUS
Det blir foreslått å flytte 148,1 mill. kroner til kap. 431, post 01, som følgje av etablering av nytt budsjettkapittel for Kriminalomsorgsdirektoratet.
Det er òg endringar som følgje av tidlegare budsjettvedtak og tekniske endringar på posten som ikkje blir omtalte nærmare.Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2023 får fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 430, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3430, post 03 og 04, jf. forslag til vedtak. Det blir foreslått ei løyving på posten på 5 106 mill. kroner.
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overføres, kan nyttes under kap. 430, post 01
Posten omfattar utgifter til arbeidsdrifta, av dei utgifter til materiale, rutinemessig utskifting av mindre maskiner og utstyr, kurs for tilsette som rettar seg spesifikt mot hjelpemiddel som blir brukte i arbeidsdrifta, og vedlikehald og drift av maskinar som blir brukt i arbeidsdrifta. I posten inngår òg arbeidspengar til dei innsette.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2023 får fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 430, post 21, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3430, post 02, jf. forslag til vedtak.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 108,4 mill. kroner.
Post 45 Større utstyrsanskaffelser og vedlikehold, kan overføres
Løyvinga på posten omfattar større utstyrskjøp og vedlikehald. Posten omfattar òg midlar til IKT-løysingar, maskiner og teknisk utstyr til arbeidsdrifta, anna utstyr til fengsla og innkjøp av køyretøy.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2023 kan pådra staten forpliktingar utover budsjettåret for å skaffe seg brukarutstyr til utbygginga av Romerike fengsel, avdeling Ullersmo. Samla forpliktingar og utbetalingar kan ikkje overskride kostnadsramma for brukarutstyr på 89,1 mill. kroner, jf. forslag til vedtak.
Det blir foreslått å auke løyvinga med
7,4 mill. kroner til utvidinga av Romerike fengsel, avdeling Ullersmo
Det blir foreslått ei løyving på posten på 46,8 mill. kroner.
Post 60 Refusjoner til kommunene, forvaringsdømte mv., kan overføres
Løyvinga på posten dekker refusjonar til kommunale omsorgstiltak for prøvelauslating frå forvaring og varetektssurrogat. Ved prøvelauslating av forvaringsdømde kan retten setje vilkår om at den domfelte oppheld seg i institusjon eller kommunal bustad i meir enn eitt år.
I 2021 vart det utbetalt refusjon etter ordninga på 112,5 mill. kroner. Då avgjerder om varetektssurrogat og prøvelauslating frå forvaring på nemnde vilkår ligg til domstolane, er det vanskeleg å føreseie utviklinga i omfanget av saker. Det gjer løyvingsbehovet på posten usikkert.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 115 mill. kroner for 2023.
Post 70 Tilskudd
Post 70 er ei tilskotsordning for frivillig verksemd under verkeområda til kriminalomsorga, dvs. domfelte under straffegjennomføring. Posten dekker tilskot til frivillige organisasjonar som får hovuddelen av aktivitetane sine finansiert med andre kjelder. Det er ein føresetnad at verksemda til mottakaren støttar opp om dei generelle måla til kriminalomsorga, og då med særleg vekt på at dei domfelte skal førast tilbake til samfunnet etter at dei har gjennomført straffa si.
I 2021 vart det fordelt om lag 37,2 mill. kroner til 40 frivillige organisasjonar. Av beløpet vart 3,3 mill. kroner øyremerkte, jf. Innst. 6 S (2020–2021). Dei resterande midlane vart fordelte av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI) etter søknad frå organisasjonane
I 2021 blei det gitt støtte til organisasjonar som arbeidde særleg på eit eller fleire av desse områda: aktivisering gjennom kulturelle og sosiale tiltak, behandling og motivasjon til behandling, utvikling av eit positivt nettverk etter lauslating og tilrettelegging av gode overgangar frå institusjon og fengsel til eigen bustad. Organisasjonane har oppnådd gode resultat i 2021 og det har blitt gjennomført ei rekkje forskjellege aktivitetar for mange domfelte.
I 2023 foreslår departementet at heile løyvinga på posten blir fordelt av Kriminalomsorgsdirektoratet etter søknad frå organisasjonar. Det er ein føresetnad at midlane blir fordelte ut frå tydelege kriterium, medrekna at dei legg vekt på omsynet til kontinuitet for organisasjonane over tid.
Arbeids- og velferdsdirektoratet og Kriminalomsorgsdirektoratet har sett i gang eit pilotprosjekt med velferdsobligasjonar/effektkontraktar som eit tiltak for å førebyggje tilbakefall til kriminalitet. Effektkontraktar brukas om resultatbaserte avtalar mellom fleire partar, som oftast offentlege myndigheiter, investorar/stiftelsar og private eller ideelle tenesteleverandørar, som har som formål å løyse sosiale problem på ein ny måte. Staten bidrar med midlar til å dekkje delar av kostnadane dersom måla for prosjektet blir nådd. Det er sett i gong to prosjekt, eit i Vestfold og Telemark og eit i Trøndelag. Prosjekta varar i to år frå oppstart. Pilotprosjektet blir evaluert.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 36,2 mill. kroner.
Kap. 3430 Kriminalomsorgen
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Betegnelse | Regnskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
02 | Arbeidsdriftens inntekter | 111 216 | 103 764 | 108 421 |
03 | Andre inntekter | 30 061 | 22 140 | 22 804 |
04 | Tilskudd | 19 882 | 2 570 | 2 647 |
Sum kap. 3430 | 161 159 | 128 474 | 133 872 |
Post 02 Arbeidsdriftens inntekter
Posten omfattar inntekter frå sal av produksjonen frå arbeidsdrifta, i tillegg til inntekter frå drifts- og vedlikehaldsoppgåver som blir utførte på bestilling frå Statsbygg.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2023 får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 430, post 21, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3430, post 02, jf. forslag til vedtak.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 108,4 mill. kroner.
Post 03 Andre inntekter
Posten omfattar bl.a. leigeinntekter for teneste- og leigebustader, refundert kost og husleige, klientavhengige driftstilskot til overgangsbustadene og tilskot frå andre offentlege verksemder til gjennomføring av prosjekt.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2023 får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 430, post 01, og kap. 431, post 01 mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3430, post 03, jf. forslag til vedtak.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 22,8 mill. kroner.
Post 04 Tilskudd
Posten omfattar tilskot til deltaking i internasjonalt fengselssamarbeid under EØS-finansieringsmekanismane. Posten omfattar òg inntekter frå prosjekt der kriminalomsorga får tilskot til å gjennomføre prosjekt i samarbeid med internasjonale organisasjonar eller andre land.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2023 får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 430, post 01, og kap. 431, post 01 mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3430, post 04, jf. forslag til vedtak.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 2,6 mill. kroner.
Kap. 431 Kriminalomsorgsdirektoratet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Betegnelse | Regnskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
01 | Driftsutgifter, kan nyttes under kap. 430, post 01 | 148 125 | ||
Sum kap. 0431 | 148 125 |
Kriminalomsorgsdirektoratet har det øvste faglege og administrative ansvaret for kriminalomsorga. Direktoratet har òg eit overordna ansvar for rettstryggleik og lik behandling av dei innsette og domfelte sine saker gjennom bl.a. tilsynsverksemd, behandling av enkeltsaker og internkontroll.
Bemanninga var om lag 69 fast tilsette årsverk per 1. mars 2022.
Post 01 Driftsutgifter, kan nyttes under kap. 430, post 01
Posten omfattar ordinære driftsutgifter under Kriminalomsorgsdirektoratet, irekna lønnsutgifter, driftsutgifter til leige av lokale og andre driftsutgifter. I løyvinga på posten er det teke omsyn til reisekutt og innsparing i utgifter til leiekostnader mv.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2023 får fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 431, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3430, post 03 og 04, jf. forslag til vedtak.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 148,1 mill. kroner.
Kap. 432 Kriminalomsorgens høgskole og utdanningssenter
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Betegnelse | Regnskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
01 | Driftsutgifter | 190 073 | 202 528 | 225 241 |
Sum kap. 0432 | 190 073 | 202 528 | 225 241 |
Å ha fengselsbetjentar med høg og riktig kompetanse er ein føresetnad for god kvalitet i straffegjennomføringa.
I 2021 byrja 175 aspirantar utdanninga ved Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga, KRUS. Tabellen under viser talet på uteksaminerte fengselsbetjentar i perioden 2018–2021. For å betre søkargrunnlaget til utdanninga og for at opptaket ved KRUS skal følgje opptaket ved andre høgskular, er tidspunktet for klasseopptaket endra, slik at opptaket framover i hovudsak skal skje i august.
Tabell 2.6 Talet på uteksaminerte fengselsbetjentar, 2018–2021
År | 2018 | 2019 | 2020 | 2021 |
---|---|---|---|---|
Uteksaminerte fengselsbetjentar | 162 | 260 | 144 | 841 |
1 Nedgangen i uteksaminerte skyldes forskyving i klasseopptaket, jf. omtale over.
Post 01 Driftsutgifter
Posten omfattar lønns- og personalutgifter til tilsette og aspirantar ved KRUS, drift- og leigeutgifter til lokale, reiser (medrekna kursdeltakarar og aspirantar), fagmateriell, inventar og utstyr, lisensar, uniformseffektar m.m. Bemanninga ved KRUS var 59 fast tilsette årsverk per 1. mars 2022. Posten omfattar òg løyving til forsking og utvikling, etter- og vidareutdanning, verksbetjentutdanning og støttefunksjonar.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 18,2 mill. kroner til tilbakeføring av mellombels innsparing som følgje av endra tidspunkt for opptak til KRUS.
I løyvinga på posten er det teke omsyn til reisekutt pga. reduserte reiseutgifter som følgje av pandemien. Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2023 får fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 432, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3432, post 03, jf. forslag til vedtak.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 225,2 mill. kroner.
Kap. 3432 Kriminalomsorgens høgskole og utdanningssenter
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Betegnelse | Regnskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
03 | Andre inntekter | 1 493 | 1 139 | 1 173 |
Sum kap. 3432 | 1 493 | 1 139 | 1 173 |
Post 03 Andre inntekter
Posten omfattar bl.a. inntekter frå eigendelen som aspirantane betaler for skulebøker.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2023 får fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 432, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3432, post 03, jf. forslag til vedtak.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 1,2 mill. kroner.
Kap. 433 Konfliktrådet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Betegnelse | Regnskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
01 | Driftsutgifter | 143 466 | 137 930 | 140 546 |
60 | Tilskudd til kommuner, kan overføres | 13 611 | 10 531 | 10 514 |
70 | Tilskudd | 22 622 | 25 622 | 26 349 |
Sum kap. 0433 | 179 699 | 174 083 | 177 409 |
5 Innleiing
Sekretariatet for konfliktråda står for den faglege og administrative leiinga av konfliktråda. Konfliktrådet meklar mellom partar i ein konflikt som følgje av ei straffbar handling eller mellom partar i sivile konfliktar. Konfliktrådet har ansvar for straffereaksjonane ungdomsstraff, ungdomsoppfølging og oppfølging i konfliktråd, og dei har eit spesielt ansvar for unge i konflikt med lova. Konfliktrådet skal vidare bidra til å formidle og byggje kunnskap om førebygging av kriminalitet.
Konfliktrådet tek i bruk gjenopprettande prosessar som inneber at partane i fellesskap bestemmer korleis verknadene skal handterast. Konfliktrådet varetek fornærma, pårørande og gjerningspersonar gjennom tilrettelagde møte.
6 Nedgang i talet på straffesaker overført til konfliktråda
Konfliktråda tok imot 6 480 saker i 2021. Dette er ein auke på 5 pst. frå 2020. Av sakene til konfliktråda i 2021 var om lag 28 pst. straffesaker, 33 pst. sivile saker og 30 pst. bortlagde straffesaker. Dei resterande sakene var ungdomssaker, og av desse var det 78 saker med ungdomsstraff, 436 saker med ungdomsoppfølging og 30 saker med oppfølging i konfliktråd.
I 2021 har talet på saker som gjeld ungdomsstraff, auka med 28 pst. (17 saker), og saker som gjeld ungdomsoppfølging, har gått ned med 4 pst. (20 saker) samanlikna med 2020. Delen ungdom som fullfører straffereaksjonane, har auka frå 56 pst. i 2015 til 76 pst. i 2021.
Dei siste åra har det vore ein nedgang i talet på straffesaker som blir overførte til konfliktråda. Årsaka til nedgangen er samansett. Utviklinga blir bl.a. påverka av endringar i kriminalitetsbiletet og av kompetansen og kapasiteten hos politiet og påtalemakta til å overføre saker. Også covid-19-pandemien kan ha påverka talet.
Det er store variasjonar i kor mange saker som blir viste til dei ulike konfliktråda. Kunnskapen om tenestene som konfliktråda tilbyr, er varierande blant samarbeidspartnarane til konfliktråda. Samstundes er sakane som kjem til konfliktråda, meir alvorlege og arbeidskrevjande.
Tida konfliktråda bruker frå dei tek imot ei sak til straffereaksjonane startar, har hatt ei positiv utvikling dei siste fem åra. I 2017 gjekk det 72 dagar frå konfliktråda fekk ei sak, til straffegjennomføringa starta. I 2021 var saksbehandlingstida 56 dagar.
7 Vidareutvikling av konfliktråda
Konfliktrådet har over tid jobba for å utvikle og forbetre sine tenester. Dei siste åra har dei også jobba med å finne gode måtar å overføre kunnskap om konfliktrådet til samarbeidspartnarane, særleg politiet og påtalemakta. Dette kan sikre at egna saker blir fanga opp og får tilgang til konfliktrådets tenester.
Ved innføringa av ungdomsstraff og ungdomsoppfølging tok Justis- og beredskapsdepartementet initiativ til ei følgjeevaluering. Ei evaluering i regi av Nordlandsforsking viser at mange unge får hjelp til eit liv utan kriminalitet, men at straffereaksjonane òg har eit forbetringspotensial. Ein analyse utført av Oslo Economics (2022) viser at det er variasjon i innhaldet i desse reaksjonane, og graden av tilpassing av innhald til den enkelte lovbrytaren avheng av bl.a. det lokale tilbodet av tenester. Det gjer at det òg kan vere store skilnader i kor godt straffereaksjonane verkar.
Justis- og beredskapsdepartementet hadde forslag til endringar i konfliktrådslova, straffelova, straffeprosesslova m.m. på høyring hausten 2020. Målet er mellom anna å innføre effektive verkemiddel for å førebyggje ny kriminalitet, for å redusere tida mellom lovbrot og reaksjon, for å vareta ungdommen sin rettstryggleik og rett til medverknad. Det er òg eit mål å leggje til rette for at ein betre skal kunne vareta fornærma i saker der lovbrytaren gjennomfører ungdomsstraff eller ungdomsoppfølging.
Justis- og beredskapsdepartementet deltek i kjernegruppepilot for samordning av arbeidet for utsette barn og unge leidd av Barne- og familiedepartementet. Barne- og ungdomskriminalitet er eit av hovudtemaa for arbeidet fordi det er eit område som krev samarbeid på tvers av sektorar. Som eit ledd i arbeidet med å betre straffereaksjonane ungdomsstraff og ungdomsoppfølging har Sekretariatet for konfliktråda, Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet og Helsedirektoratet fått eit felles oppdrag å greie ut kva som er til hinder for samarbeid på tvers av sektorar, og deltakinga til velferdstenestene under gjennomføringa.
Då tiltaka mot covid-19 vart sette i verk, vart det meir krevjande å gi ungdommane tilstrekkeleg hjelp. Dette førte òg til at det vart restansar i saker med ungdomsstraff og ungdomsoppfølging i konfliktråda. For å redusere dei uheldige konsekvensane av at tenestetilbodet til ungdommane vart sterkt redusert, og for å styrke kapasiteten til konfliktråda vart løyvinga mellombels styrkt i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2021. Dette bidrog til at konfliktråda som vart styrkt kom raskare i gang med straffegjennomføringa. Dei fekk sikra betre og tidlegare involvering av fornærma og fekk gjennomført gjenopprettande prosess i fleire ungdomssakar. Vidare fekk konfliktråda hausten 2021 utvikla og testa ut eksisterande kurs i kommunikasjon og konflikthandtering (for vaksne) på ungdom som gjennomførar ungdomsstraff eller ungdomsoppfølging. Arbeidet har fått gode tilbakemeldingar.
Saksbehandlinga i konfliktråda er ein arbeidsintensiv prosess som har innebore mange manuelle prosessar. Det vart i 2018 sett i verk eit digitaliseringsprosjekt i konfliktrådet for at ein skal kunne nå brukarane på ein betre måte og utvikle organisasjonen og tenestene.
8 Pilotprosjekt for exit-program for gjengkriminelle
Å bryte ut av tette og lukka miljø kan vere vanskeleg. Regjeringa ønskjer å prøve ut exit-program for gjengkriminelle for å sikre at dei som ønskjer eit liv utan kriminalitet, får hjelp til det. Regjeringa foreslår derfor å vidareføre øyremerkinga av midlar til Oslo kommune sitt arbeid med å etablere eit byomfattande program basert på erfaring frå EX/IN-prosjekt og til Forandringshuset i regi av Norges KFUK-KFUM. EX/IN-prosjektet starta i 2020 eit avhopparprogram som eit samarbeid mellom bydel Søndre Nordstrand i Oslo, SaLTo, kriminalomsorga og Raudekrossen. Sjå óg omtale under post 70.
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga skal gå til drift av konfliktrådskontora og til Sekretariatet for konfliktråda. Samla utgjorde bemanninga i konfliktråda 140 årsverk per 31. desember 2021.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2023 får fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 433, post 01, mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3433, post 02, jf. forslag til vedtak.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 140,5 mill. kroner.
Post 60 Tilskudd til kommuner, kan overføres
Løyvinga skal gå til tilskotsordninga for førebygging av radikalisering og valdeleg ekstremisme, som Sekretariatet for konfliktråda forvaltar. Hovudmålet for tilskotsordninga er å stimulere til kompetanseheving lokalt og utvikling av gode tiltak for å førebyggje og behandle utfordringar knytta til radikalisering og valdeleg ekstremisme. I 2021 vart det fordelt om lag 13,6 mill. kroner til totalt 30 kommunale prosjekt. Tilskot ble som i tidlegare år, gitt til kompetansehevande tiltak, mentorordningar og førebyggjande tiltak retta mot personar eller miljø i risiko for radikalisering. Inkluderande fritids- og arbeidstiltak, som sommarjobbar for ungdom, er eit eksempel på tiltak som har fått tilskot. Kommunane prioriterer vidare tilsette som koordinatorar, som set fokus og framdrift i arbeidet.
Det blir foreslått ei løyving på 10,5 mill. kroner.
Post 70 Tilskudd
Løyvinga skal gå til tilskot til arbeid mot vald i nære relasjonar og til tilskotsordninga for kriminalitetsførebyggjande tiltak, som Sekretariatet for konfliktråda forvaltar.
Øyremerkte løyvingar til Oslo kommune sitt EX/IN-prosjekt (1 mill. kroner) og Forandringshuset i regi av Norges KFUK-KFUM (2 mill. kroner) blir foreslått å vidareføre i 2023. Resten av posten blir fordelt av Sekretariatet for konfliktråda etter søknad frå organisasjonar.
Tilskotsordninga for kriminalitetsførebyggjande tiltak skal bidra til å førebyggje kriminalitet, særleg blant barn og unge. I 2021 vart det fordelt om lag 7,6 mill. kroner til 42 ulike organisasjonar. Det er gitt tilskot både til store nasjonale organisasjonar og mindre lokale foreiningar. Felles for mottakarane er at dei bidrar til eit betre og breiare tilbod til menneskjer med ulike utfordringar, ofte i tett samarbeid med offentlege myndigheiter.
Tilskotsordninga til å førebyggje og kjempe mot vald i nære relasjonar skal bidra til å motverke at barn og vaksne blir utsette for eller utøver vald i nære relasjonar. Organisasjonar som driv frivillig verksemd og krisesenter i kommunal regi kan få tilskot. I 2021 vart det fordelt om lag 15 mill. kroner til 51 ulike tiltak, mellom anna hjelpetiltak retta mot ofre for vald i nære relasjonar eller barna deira, kompetansebyggingstiltak retta mot hjelpeapparatet og undervisning om temaet på skular. Fleire av tiltaka rett seg mot spesifikke grupper slik som etniske eller seksuelle minoritetar og personar med nedsett funksjonsevne.
Det blir foreslått ei løyving på 26,3 mill. kroner.
Kap. 3433 Konfliktrådet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Betegnelse | Regnskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
02 | Refusjoner | 967 | 6 | 6 |
Sum kap. 3433 | 967 | 6 | 6 |
Post 02 Refusjoner
Inntektene på posten er refusjonar som skal dekke utgiftene konfliktråda har i samband med kurs og konferansar.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2023 får fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 433, post 01, mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3433, post 02, jf. forslag til vedtak.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 6000 kroner.
Programkategori 06.40 Politi og påtale
Utgifter under programkategori 06.40 fordelte på postgrupper
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post-gr. | Betegnelse | Regnskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 | Pst. endr. 22/23 |
01-25 | Driftsutgifter | 21 772 654 | 23 246 772 | 23 778 187 | 2,3 |
30-49 | Nybygg, anlegg m.v. | 177 510 | 239 251 | 691 818 | 189,2 |
70-89 | Overføringer til private | 142 316 | 650 758 | 718 829 | 10,5 |
Sum kategori 06.40 | 22 092 480 | 24 136 781 | 25 188 834 | 4,4 |
Utgifter under programkategori 06.40 fordelte på kapitler
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Betegnelse | Regnskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 | Pst. endr. 22/23 |
440 | Politiet | 20 112 985 | 21 866 853 | 20 984 874 | -4,0 |
441 | Politidirektoratet | 389 156 | |||
442 | Politihøgskolen | 658 811 | 633 618 | 654 870 | 3,4 |
443 | Påtalemyndigheten i politiet | 1 432 401 | |||
444 | Politiets sikkerhetstjeneste (PST) | 997 872 | 1 308 194 | 1 394 781 | 6,6 |
445 | Den høyere påtalemyndighet | 307 522 | 312 974 | 317 319 | 1,4 |
446 | Den militære påtalemyndighet | 9 452 | 9 159 | 9 329 | 1,9 |
448 | Grensekommissæren | 5 838 | 5 983 | 6 104 | 2,0 |
Sum kategori 06.40 | 22 092 480 | 24 136 781 | 25 188 834 | 4,4 |
Innleiing
Programkategori 06.40 omfattar løyvinga til politiet, Politiets tryggingsteneste (PST), Den høgare påtalemakta og Den militære påtalemakta.
Innanfor justissektoren er det særleg måla om låg kriminalitet, rettstryggleik og tryggleik i samfunnet som er sentrale for verksemdene i programkategorien. Politiet har òg oppgåver for å nå målet om kontrollert og berekraftig innvandring. Verksemdene i programkategorien er ansvarlege for grunnleggjande funksjonar i samfunnet. Befolkninga skal kunne ha høg tillit til at desse oppgåvene blir tekne hand om på ein god måte. Oppgåveløysinga skjer i eit samvirke med andre statlege og private aktørar, kommunale etatar og det sivile samfunnet og med internasjonale samarbeidsstyresmakter.
Prioriteringar i 2023
Regjeringa vil kjempe mot kriminalitet, men òg årsakene til kriminalitet, gjennom å førebyggje og etterforske betre. For å ha god førebygging og beredskap og effektiv kamp mot kriminalitet må politiet og lokalsamfunnet kjenne kvarandre godt. Regjeringa arbeider for å styrke politinærværet i heile landet. Alle kommunane i landet er inviterte til å gi innspel til arbeidet. Direktoratet for økonomistyring (DFØ) vil òg gi verdifulle bidrag gjennom den pågåande evalueringa av nærpolitireforma og gjennomgangen av Politidirektoratet.
Fellesskapet sine midlar skal gå til tenester som er til direkte nytte for befolkninga. Regjeringa foreslår derfor å omprioritere 184,4 mill. kroner innanfor politibudsjettet. Av dette skal 75 mill. kroner gå til tiltak som fører politiet nærmare folk og gir betre lokale polititenester og beredskap og meir tilgjengeleg politi for folk i heile landet, som fleire politifolk, nye tenestestader eller andre tiltak som det lokale politiet kjem fram til i samråd med kommunen. 11 mill. kroner skal gå til påtalemakta i politiet, som kjem i tillegg til styrkinga på 26,3 mill. kroner for 2022, jf. Prop. 1 S Tillegg 1 (2021–2022), som ledd i ei samla satsing på å synleggjere og styrke påtalemakta sin del av ressursane i politiet. Styrkinga vil òg ha positive konsekvensar for etterforskinga i politiet. 27,1 mill. kroner skal bidra til at dei 100 nye studieplassane som vart etablert ved Politihøgskolen i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2022, kan vidareførast. 71,3 mill. kroner skal gå til arbeidet med samansette truslar og tryggingstiltak, jf. omtale av Prop. 78 S (2021–2022) under.
Regjeringa foreslår å redusere politiet sitt budsjett med 57,8 mill. kroner. Omprioriteringa og innsparinga skal primært gjennomførast gjennom at politiet reduserer utgiftene sine til Politidirektoratet, konsulenttenester og administrasjon.
Innanfor budsjettramma skal politiet prioritere organisert, digital og annan alvorleg kriminalitet, irekna gjengkriminalitet, samt vald i nære relasjonar og seksuelle overgrep.
Politiet og PST har mått omprioritere ressursar for å handtere konsekvensar av Russland sitt angrep på Ukraina. Verksemdene vart òg løyvd ekstra midlar til stillingar i dei tre nordlegaste fylka, utstyr, lokale m.m. i samband med behandlinga av Prop. 78 S (2021–2022). Tiltaka blir vidareførte i 2023. Politiet og PST får til saman 214,4 mill. kroner til arbeidet med samansette truslar og tryggingstiltak i 2023.
Russland sitt angrep på Ukraina syner at vi må styrke den nasjonale tryggleiken vår. Regjeringa vurderer å leggje fram forslag om å lovfeste etterretningsoppdraget til PST, å gi ein heimel for behandling av ope tilgjengeleg informasjon, og å endre straffelova for å kriminalisere påverknadsverksemd frå framand etterretningsteneste. Regelverket må ta i vare både personvernet og rettstryggleiken til den enkelte borgaren og omsynet til å tryggje demokratiet og fellesskapet sine interesser.
Økonomisk kriminalitet, inkludert unndraging av skatt, kvitvasking, arbeidslivskriminalitet, fiskerikriminalitet og annan kriminalitet som gjeld økonomi, utgjer alvorlege truslar for enkeltpersonar, bedrifter, lokalsamfunn og for finansieringa av velferdsstaten. Regjeringa vil styrke arbeidet mot slik kriminalitet. Dette gjeld særleg den organiserte delen av den økonomiske kriminaliteten. Regjeringa vil derfor gjennomføre ein heilskapleg gjennomgang av kampen mot økonomisk kriminalitet i Noreg og tek sikte på å fremme ei stortingsmelding og ev. andre tiltak som skal utvikle politikken for å kjempe mot økonomisk kriminalitet.
Vald i nære relasjonar og seksuelle overgrep er alvorleg kriminalitet som skal prioriterast høgt i heile straffesakskjeda, frå førebygging til straffegjennomføring. Regjeringa vil leggje til rette for å førebygge betre og avdekke meir av vald og overgrep, for betre oppfølging av valdsutsette, auka kompetanse, styrkt samarbeid mellom tenester og sektorar, og dertil at vald og overgrep blir prioritert i heile straffesakskjeda. Regjeringa arbeider med å etablere ein partnardrapskommisjon med sikte på oppstart hausten 2023 ved Statens sivilrettsforvaltning. Regjeringa vil leggje fram ein opptrappingsplan mot vald og overgrep mot barn og vald i nære relasjonar. Arbeidet med å førebyggje og kjempe mot internettrelaterte overgrep mot barn inngår i det breiare arbeidet til regjeringa for trygg digital oppvekst.
Det er viktig at politiet har tilstrekkeleg kapasitet til å kjempe mot cyberkriminalitet, irekna overgrep på internett og datakriminalitet, og vil prioritere eit sterkare samarbeid mellom internettselskap og styresmaktene. Innhenting og handtering av elektroniske bevis er særleg viktig.
Bruken av internett og utviklinga innan digitale teknologiar påverkar nesten alle former for kriminalitet og har auka dei siste åra. Det er forventa at denne utviklinga vil bli forsterka med utbygging av tingnettet (Internet of things), som smarte heimar, byar og samfunn. Dette gir utfordringar for politiet, PST og påtalemakta, som må tilpasse arbeidsformer og organisering. Nye måtar å ta i bruk ny teknologi på kan òg utfordre dagens regulering og finansiering. Samstundes er det viktig at verksemdene nyttar seg av moglegheitene som den teknologiske utviklinga gir, til å auke kvaliteten og effektiviteten i oppgåveløysinga. Justis- og beredskapsdepartementet samarbeider tett med politiet, PST og påtalemakta for at desse verksemdene skal kunne nyttiggjere seg av moglegheitene for bruk av ny teknologi, irekna stordataanalyse, tingnettet, kryptoteknologi, 5G, robotisering og autonome system.
Noreg og dei andre Schengen-landa forbetrar for tida IKT-systema sine. Tiltaka gir betre tryggleik i Europa gjennom styrkt grensekontroll, migrasjonskontroll og politisamarbeid. Noreg vil bli betre rusta til å førebyggje, avverje og motarbeide grensekryssande kriminalitet, ulovleg migrasjon og terrorisme. Regjeringa foreslår derfor å løyve 288,2 mill. kroner til tiltaka i politiet.
Kap. 440 Politiet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Betegnelse | Regnskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
01 | Driftsutgifter, kan nyttes under kap. 441, post 01 og kap. 443, post 01 | 19 703 305 | 20 894 700 | 19 520 757 |
22 | Søk etter antatt omkomne, kan overføres | 4 461 | 9 882 | 10 142 |
23 | Sideutgifter i forbindelse med sivile gjøremål | 29 765 | 33 905 | 34 800 |
25 | Variable utgifter ved ankomst, mottak og retur i politiets utlendingsforvaltning | 55 628 | 132 357 | 104 350 |
45 | Større utstyrsanskaffelser og vedlikehold, kan overføres | 106 903 | 134 251 | 80 842 |
46 | Investeringer i Schengen IKT-systemer, kan overføres | 501 084 | ||
48 | Tildeling fra EUs grense- og visumfinansieringsordninger, kan overføres | 70 607 | 11 000 | 14 070 |
70 | Tilskudd | 61 650 | 50 956 | 52 402 |
71 | Tilskudd Justismuseet | 7 807 | 8 010 | 8 237 |
73 | Internasjonale forpliktelser, mv., kan overføres | 72 859 | 589 792 | 657 190 |
74 | Midlertidig destruksjonspant for enkelte typer halvautomatiske rifler | 2 000 | 1 000 | |
Sum kap. 0440 | 20 112 985 | 21 866 853 | 20 984 874 |
Politiet skal gjennom førebyggjande, handhevande og hjelpande verksemd vere eit ledd i den samla innsatsen i samfunnet for å fremme og sikre tryggleiken, rettstryggleiken og den alminnelege velferda elles for borgarane, jf. politilova § 1. Politiet er leia av Politidirektoratet og består i tillegg av 21 andre einingar:
tolv politidistrikt
fem særorgan med nasjonale oppgåver: Kripos, Økokrim, Politiets utlendingseining, Utrykkingspolitiet og Politihøgskolen.
fire andre underliggjande einingar: Politiets fellestenester, Politiets IT-eining, Nasjonalt ID-senter og Grensekommissariatet
Enkelte deler av politiet har eigne budsjettkapittel: kap. 441 Politidirektoratet, kap. 442 Politihøgskolen, kap. 443 Påtalemakta i politiet og kap. 448 Grensekommissæren.
Sjå òg omtale av PST under kap. 444 og Riksadvokaten under kap. 445.
31. desember 2021 var den totale bemanninga i politiet 18 092 årsverk, av desse var 15 000 i politidistrikta.
Nærvær og tilgjengelegheit
Det er ei viktig oppgåve for regjeringa å arbeide for at kriminalitet ikkje skjer og at innbyggjarane opplever tryggleik, god rettstryggleik og tilgjengelege tenester i heile landet. Politiet må vere tilgjengeleg for befolkninga for å skape tryggleik. Samarbeid om førebygging og beredskap med kommunen og andre lokale aktørar krev at politiet er til stades og kjenner samfunnet og dei andre aktørane godt. Politiet yter tenester som er viktige for innbyggjarane, som våpenforvaltning, utlendingsoppgåver, sivil rettspleie og pass og ID-kort. Politiet si innbyggjarundersøking viser at innbyggjarane i små kommunar føler seg mindre trygge i eige nærmiljø enn innbyggjarane i mellomstore og store kommunar. På ein del mindre stader er det òg lang reisetid eller avgrensa opningstid eller tenestetilbod på den nærmaste politistasjonen. Derfor foreslår regjeringa å styrke det lokale politiet.
Regjeringa foreslår å bruke 75 mill. kroner av politiets budsjett til tiltak som fører politiet nærmare folk. Midlane skal gå til betre lokale polititenester og beredskap, meir tilgjengeleg politi for folk i heile landet og nye tenestestader. Polititenestene skal bl.a. forbetrast gjennom lokalt tilpassa verkemiddel som kan settast inn i samarbeid mellom kommune og politidistrikt, t.d. auka bemanning. Andre tiltak kan bl.a. vere auka eller endra patruljering, politinærvær som er tilpassa sesongvariasjonar eller ambulerande og oppsøkande tenester.
Politiet skal vere til stades og tilgjengeleg for befolkninga der folk er, også i den digitale kvardagen. Politiet sin kanalstrategi gir råd om korleis politiet best kan kommunisere med ulike grupper i befolkninga, anten det er fysisk, på telefon eller digitalt. Lokalt politi må saman med kommunen velje det som best møter lokale utfordringar og behov. Innbyggjarane har ulike forventningar til korleis dei skal kunne kommunisere med politiet, finne informasjon og få dekt behova sine. Mange føretrekkjer digitale tenester og sjølvbetening framfor telefonkontakt eller fysisk oppmøte i ein skranke på eit offentleg kontor. Nettpatruljar som er til stades på nett og i sosiale medium, gjer politiet synlegare og gjer det lettare å komme i kontakt med politiet, særleg for yngre menneske. Sikker chat gjer det mogleg for innbyggjarane å gi sensitiv informasjon til politiet digitalt. Gode digitale tenester bidrar til auka kvalitet og effektivitet og frigjer politifolk til å løyse oppgåver som krev fysisk nærvær.
Grensekryssande kriminalitet er ei utfordring. I 2017 vart det vedteke at Magnormoen lensmannskontor skulle opprettast. Forprosjektet for realiseringa av tenestestaden som ein felles norsk-svensk politistasjon på grensa mellom Noreg og Sverige er planlagt ferdigstilt våren 2023. Ein felles politistasjon på grensa er nybrotsarbeid og arbeidet har avdekt ulike risiko- og tvilsmoment, bl.a. knytt til utfordringar ved å byggje på grensegata, ekstraordinær auke i energi- og råvareprisar og fordeling av husleigekostnader mellom norsk og svensk politi. Dette er problemstillingar regjeringa vil følgje opp i det vidare arbeidet med politistasjonen. I tillegg har regjeringa teke initiativ til etableringa av ein mellombels polititenestestad på Magnormoen. Tenestestaden vart etablert ved grensa mellom Noreg og Sverige sommaren 2022 og skal vere operativ fram til den felles norsk-svenske politistasjonen er opna.
Oslo politidistrikt har i 2022 starta eit arbeid med eit pilotprosjekt for å prøve ut at personar som blir kontrollerte av politiet, kan få ei stadfesting på kontrollen. Oslo kommune, organisasjonar og andre relevante aktørar er involverte i arbeidet. Pilotprosjektet skal evaluerast og vil gi verdifull kunnskap og erfaring.
Veksten i offentlege budsjett er forventa å flate ut i åra framover. Derfor må politiet i stor grad finansiere utviklinga gjennom å auke handlingsrommet innanfor dei tilgjengelege budsjettrammene. Politiet må effektivisere og omdisponere for å frigjere ressursar til betre polititenester, utan at etaten blir ytterlegare sentralisert. Prioriteringane må gjerast i samråd med kommunane og tillitsvalde, der det er relevant. Å delegere ansvar frå departementet til direktoratet og vidare nedover i organisasjonen er i samsvar med regjeringa si tillitsreform.
Beredskap og krisehandtering
Handteringa av covid-19-pandemien dei siste åra har vore krevjande for politiet og har påverka politiet sin kapasitet til å ta hand om andre oppgåver. Ein konsekvens då Russland invaderte Ukraina i februar 2022, var at det igjen vart press på politiet sine ressursar. Politiet måtte raskt omprioritere stillingar for å auke kapasiteten til å registrere asylsøkarar. Politiet bruker òg betydelege ressursar på andre tiltak, som støtte til andre offentlege og private aktørar, territorialkontroll, auka overvaking og innhenting av informasjon og førebyggjande tiltak mot ulike former for kriminalitet som kan skje i slike situasjonar. For norsk og europeisk tryggleik er krigen eit vendepunkt, og politiet må òg setje i verk ulike førebuande tiltak for å ta høgd for ei forverring av situasjonen. Tiltaka må i stor grad førast vidare i 2023, men situasjonen er svært usikker og omskifteleg, og politiet må til ei kvar tid tilpasse tiltaka til behova.
Ei av dei viktigaste oppgåvene til politiet er at samfunnet og innbyggjarane er trygge. Saman med andre aktørar skal politiet førebyggje kriminalitet og ulukker og agere raskt, kompetent og samordna når slike hendingar og naturhendingar likevel skjer. I innbyggjarundersøkinga til politiet for 2021 oppgir 94 pst. av befolkninga i Noreg at dei føler seg trygge der dei bur og ferdast. Dette er det same som dei to siste åra. Undersøkinga syner ein liten reduksjon i tilliten til politiet, frå 82 pst. i 2020 til 80 pst. i 2021.
Politiet har gode resultat for svartid på nødnummeret 112. Resultatet for 2021 viser at politiet nasjonalt svarte på om lag 98,5 pst. av alle telefonførespurnader til nødnummeret 112 innanfor 20 sekund og dermed nådde resultatkravet, som var på 95 pst. Politiet si responstid varierer mellom politidistrikta, noko som blir følgt opp av Politidirektoratet. Det har blitt stilt krav til responstida til politiet sidan 2015. Politiet har nådd dei nasjonale krava for alle tettstadskategoriane sidan 2020, men det er framleis skilnader mellom politidistrikta. Politidirektoratet har fått i oppdrag å greie ut ulike alternativ for responstidskrav i politiet.
God samhandling mellom nødetatane er avgjerande for god beredskap som er tilgjengeleg over heile landet. Justis- og beredskapsdepartementet gav Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) og Politidirektoratet (POD) i oppdrag å sjå nærmare på samhandlinga, irekna ansvars- og oppgåvefordelinga, mellom brann- og redningsvesenet og politiet. Etatane leverte rapporten sin i juni 2022. Rapporten syner at samhandlinga fungerer godt, men peikar òg på forbetringspunkt i samarbeidet mellom etatane. Arbeidsgruppa foreslår fleire tiltak, som departementet vil ta stilling til i oppfølginga av i rapporten. Regjeringa vil òg gjennomføre ein gjennomgang av brann- og redningsområdet, jf. omtale under programkategori 06.50 Redningstenesta, samfunnstryggleik og beredskap.
Det er relevant på enkelte område å sjå mål og krav til responstid i nødetatane i samanheng, irekna korleis forpliktande responstid skal forståast. Det blir derfor arbeidd vidare med dei forpliktande responstidene og harmonisere omgrep og definisjonar av responstid på tvers av nødetatane der det er relevant.
Hausten 2021 starta dei første samtreningane ved Politiets nasjonale beredskapssenter mellom dei nasjonale beredskapsressursane og innsatspersonell i politidistrikta. Siktemålet med samtreninga er å leggje til rette for overføring av erfaring mellom dei nasjonale beredskapsressursane og innsatspersonell i distrikta og at dei kan samarbeide godt ved handtering av hendingar. Dette bidrar til at beredskapssenteret kjem til nytte for heile politiet og styrker beredskapskompetansen i heile landet. For 2022 er det planlagt at 500 innsatspersonell frå politidistrikta skal gjennomføre trening ved senteret.
Beredskapsressursane til politiet skal vidareutviklast og tilpassast utviklinga i terrortrusselen. Dette er ein viktig del av arbeidet regjeringa gjer med å førebyggje og kjempe mot terrorisme. Regjeringa legg hausten 2022 fram ein revisjon av den nasjonale kontraterrorstrategien. Strategien peikar ut retninga for det samla arbeidet med å førebyggje og motverke terror dei komande åra. Dei fire prioriterte tiltaka blir vidareført, og dei bli supplert med eit nytt: Det skal leggjast betre til rette for samhandling på tvers av helsetenester, PST og politiet i saker der psykiske lidingar og ekstremisme er eller kan vere relevant.
Regjeringa har nedsett eit ekspertutval som skal sjå nærmare på korleis politiet bruker maktmiddel. Utvalet skal oppdatere kunnskapsgrunnlaget og vurdere ulike problemstillingar ved bruken av maktmiddel. Hausten 2021 konkluderte regjeringa med at elektrosjokkvåpen skal bli ein permanent del av utrustninga til alt operativt personell i politiet. Politiet skal starte innføringa av elektrosjokkvåpen første halvår 2023, og Politihøgskolen skal utarbeide ein nasjonal standard for opplæring og bruk.
Etter eit vellukka prøveprosjekt i 2020 starta politiet i 2021 med val og utdanning av droneoperatørar til politidistrikta. I løpet av 2022 vil alle politidistrikt kunne ta i bruk dronar. Gjennom prøveprosjektet er det dokumentert at dronar kan gi ei rekkje gevinstar, irekna betre beredskap, meir effektiv førebygging av kriminalitet, betre dokumentasjon av åstader og betring av mannskapane sin tryggleik og publikum sin rettstryggleik. Samstundes er ulovleg bruk og kriminell aktivitet med dronar ei utfordring.
Ein reknar med at dagens varslingsanlegg (tyfonar) for akutt fare når ut til rundt halvparten av befolkninga. For at ein større del av befolkninga skal nåast raskare, betre og meir målretta om hendingar som truar tryggleiken, skal det etablerast ei befolkningsvarsling via mobiltelefon. Politiet skal ha ansvaret for utsending av varsel i fredstid, Sivilforsvaret i krigstid. Sjå nærmare omtale under kap. 451 Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap.
Norsk politi og kriminalomsorg har i over 30 år delteke i operasjonar og oppdrag internasjonalt for å bidra til auka tryggleik ute, som òg gir auka tryggleik heime. Bidraga blir finansierte over Utanriksdepartementet sitt budsjett, men politibidraga blir følgde opp fagleg av både Justis- og beredskapsdepartementet og Politidirektoratet. Per august 2022 bidrar Noreg med personell i Sudan, Sør-Sudan og Colombia.
Riksrevisjonen har hatt merknader til IKT-tryggleiken i politiet. Dei siste merknadene vart lukka i 2021.
Schengen-IKT-systema i politiet
For å betre kjempe mot grensekryssande kriminalitet, terror og ulovleg migrasjon er det sett i gang eit omfattande utviklingsarbeid i Schengen. Eit viktig tiltak er å utvikle og implementere fleire felleseuropeiske IKT-system for styrkt grensekontroll, betre deling av informasjon og auka tryggleik. Systema som skal oppdaterast/implementerast er informasjonsdelingsplattforma Schengen Information System (SIS), visumregisteret Visa Information System (VIS), fingeravtrykkregisteret Europeisk Daktyloskopisk Register (Eurodac) og den systemoverbyggande løysinga og søkeportalen Interoperabilitet (IO). Inn- og utreisesystemet Entry/Exit System (EES) og framreisesystemet European Travel Authorisation Information System (ETIAS) blir òg utvikla. Utviklinga av dei to systema er venta å vere i ein avsluttande fase i 2023, dei blir derfor ikkje omtalte nærmare.
Utviklinga i Noreg skjer primært i politiet og Utlendingsdirektoratet (UDI), men òg i Statens vegvesen, Kystvakta, Tolletaten, Utlendingsnemnda (UNE), utanriksstasjonane m.m. Tiltaka vil gi auka samfunnstryggleik og betre grensekontroll i Noreg og i Schengen-området. Vidare vil tiltaka gi politiet og utlendingsstyresmakta tilgang til omfangsrike informasjonsregister med data om bl.a. ettersøkte/sakna vaksne og barn, personar utan rett til innreise/opphald, stolne gjenstandar og biometri på asyl- eller visumsøkarar, der det blir lagt til rette for å effektivt sjå informasjon i samanheng på tvers av systema.
Det vart i statsbudsjettet for 2022 vedteke ei kostnadsramme på 450 mill. kroner (2022-kroner, ekskl. mva.) for prosjektet SIS recast i politiet, jf. Innst. 6 S (2021–2022). Våren 2022 vart det gjennomført ei ekstern kvalitetssikring som har sett prosjekta i UDI og politiet i samanheng, òg SIS recast. I tråd med kvalitetssikraren si anbefaling foreslår regjeringa ei samla kostnadsramme på 2 187 mill. kroner (2023-kroner, inkl. mva.) for prosjekta til systema SIS, VIS, Eurodac og IO i politiet og UDI, sjå òg omtale under kap. 490. Regjeringa foreslår ei felles kostnadsramme for prosjekta og at ho skal forvaltast av departementet, jf. forslag til vedtak om fullmakt til å pådra staten forpliktingar for investeringsprosjekt.
Forventa varige driftsutgifter knytt til systema i politiet er per tid anslått til om lag 200 mill. kroner frå og med 2026.
Løyvinga til politiet som gjeld Schengen IKT-systema er nærmare omtalt under post 46.
Kamp mot kriminalitet
Økonomisk kriminalitet
Velferdsstaten er i stor grad finansiert gjennom skattar og avgifter på inntekt, forbruk og formue. Gjennom økonomisk kriminalitet, irekna kvitvasking, arbeidslivskriminalitet, fiskerikriminalitet og annan kriminalitet som gjeld økonomi, blir store beløp unndradd frå skattlegging som kunne ha komme samfunnet til gode. Svart lønning og skjult omsetnad er utbreidd på tvers av bransjar i arbeidslivet. Useriøse aktørar under- og feilrapporterer systematisk fisk og skaldyr. Slik får bedrifter som driv ulovleg, òg ein konkurransefordel overfor bedrifter som driv lovleg.
Økonomisk kriminalitet har låg risiko for å bli oppdaga og krev mykje ressursar å etterforske og føre for retten. Dei fleste saker om økonomisk kriminalitet blir etterforska i politidistrikta. Økokrim har gjennom fagforvaltaransvaret sitt dei siste åra gitt betydeleg rettleiing og kompetansedeling til økoteama i politidistrikta. For å få god effekt av denne rettleiinga må økoteama byggje kompetanse over tid.
Regjeringa ønskjer å styrke arbeidet mot økonomisk kriminalitet. Trusselbiletet saman med utviklinga i kampen til styresmaktene mot økonomisk kriminalitet gir grunn til bekymring. Vidareutviklinga av kampen mot økonomisk kriminalitet bør ha eit langsiktig perspektiv som er forankra i utfordringsbiletet. Ei samla og kunnskapsbasert tilnærming til økonomisk kriminalitet i vid forstand vil gi eit best mogleg grunnlag for bruk av dei verkemidla som staten har innanfor kriminalpolitikken.
Det kan vere aktuelt å sjå nærmare på korleis politiet og andre offentlege etatar arbeider med oppfølginga av politimeldingar og rapporteringar frå privat sektor og om tilsynsstyresmakter eller andre offentlege etatar i justissektoren kan få fleire ressursar eller organiserast betre. Enkelte verkemiddel vil krevje involvering av Stortinget. Regjeringa vil gjennomføre ein heilskapleg gjennomgang av kampen mot økonomisk kriminalitet i Noreg og tek sikte på å fremme ei stortingsmelding og ev. andre tiltak som skal utvikle politikken for å kjempe mot økonomisk kriminalitet.
Vald, overgrep og vald i nære relasjonar
Vald i nære relasjonar og seksuelle overgrep er alvorleg kriminalitet som skal prioriterast høgt i heile straffesakskjeda, frå førebygging til straffegjennomføring. Regjeringa vil leggje til rette for å førebygge betre og avdekke meir av vald og overgrep, for betre oppfølging av valdsutsette, auka kompetanse, styrkt samarbeid mellom tenester og sektorar, og dertil at vald og overgrep blir prioritert i heile straffesakskjeda. Regjeringa arbeider med å etablere ein partnardrapskommisjon med sikte på oppstart hausten 2023 ved Statens sivilrettsforvaltning. Regjeringa vil leggje fram ein opptrappingsplan mot vald og overgrep mot barn og vald i nære relasjonar. Arbeidet med å førebyggje og kjempe mot internettrelaterte overgrep mot barn inngår i det breiare arbeidet til regjeringa for trygg digital oppvekst.
Arbeidet for å førebyggje og kjempe mot vald og overgrep spenner over ansvarsområda til fleire departement og krev koordinert tverrdepartemental og tverrsektoriell innsats. Regjeringa vil leggje til rette for betre førebygging og avdekking av vald og overgrep, betre oppfølging av valdsutsette, auka kompetanse, styrkt samarbeid mellom tenester og sektorar og dertil at vald og overgrep blir prioritert i heile straffesakskjeda. Regjeringa sin opptrappingsplan mot vald og overgrep mot barn og vald i nære relasjonar skal utformast i samarbeid mellom fleire departement.
Opptrappingsplanen skal ta utgangspunkt i utgreiingane frå partnardrapsutvalet og barnevaldsutvalet og i relevante evalueringar på feltet. Riksrevisjonen sin rapport om innsatsen til styresmaktene mot vald i nære relasjonar, som kom i juni 2022, og den kommande rapporten frå overvakingskomiteen til Europarådet, GREVIO, om korleis Noreg implementerer Istanbul-konvensjonen, vil vere sentrale dokument. I tillegg skal ein ta høgd for relevant forsking på valdsfeltet i alle delar av samfunnet.
Hatkriminalitet og ekstremisme
Hatkriminalitet rammer demokratiske verdiar og undergrev folks tryggleiksfølelse. Både førebygging, avdekking og straffeforfølging er viktige element i innsatsen mot hatkriminalitet. Hatkriminalitet er sentralt prioritert i Riksadvokaten sitt mål- og prioriteringsskriv dei siste åra, på linje med annan alvorleg, integritetskrenkande kriminalitet. I 2021 vart det etablert eit nasjonalt kompetansemiljø som skal jobbe med kompetanseheving i hele politi-Noreg på dette fagfeltet. Vidare utvikling av dette miljøet vil være viktig for å styrke politiets nasjonale arbeid med førebygging og kamp mot hatkriminalitet, medrekna på lhbtiq-feltet.
Regjeringa ser alvorleg på dei konsekvensane som radikalisering og ekstremisme kan få for liv, helse og tryggleik. Det er behov for meir kunnskap om ekstremisme og tiltak som førebyggjer og motverker radikalisering og ekstremisme. Regjeringa har derfor oppnemnd ein ekstremismekommisjon. Kommisjonen skal levere si utgreiing innan utgangen av 2023 til Arbeids- og inkluderingsdepartementet.
Cyberkriminalitet og teknologi
Digitaliseringa av samfunnet gir kriminelle aktørar større handlingsrom, anten dei er enkeltpersonar, organiserte kriminelle eller statlege aktørar. Forsvarets forskingsinstitutt (FFI) sin rapport Samfunnsutviklingen frem mot 2030 – utfordringer for politi, påtalemyndigheten og PST peikar på teknologiutviklinga som den viktigaste utfordringa. Skjuling av digitale spor gjer det vanskeleg å avdekke, etterforske og få oversikt over omfanget av den kriminelle aktiviteten. Metodane politiet har for å sikre elektroniske spor, skal vidareutviklast for å styrke arbeidet med digital kriminalteknikk, og politiet skal vidareføre samarbeidet med andre land innan metodeutvikling. Politiet skal vurdere bruk av ny teknologi for å handtere elektroniske spor.
Plikta til å lagre IP-adresser trer i kraft 1. januar 2023 og vil gi politiet betre tilgang til informasjon i kampen mot alvorleg kriminalitet. Den nye tilleggsprotokollen til Europarådet sin konvensjon om datakriminalitet legg til rette for eit samarbeid med tenestetilbydarar om å utlevere elektroniske bevis. Regjeringa tek sikte på å signere tilleggsprotokollen så raskt som mogleg.
Internett er ein viktig del av kvardagen til menneske over heile landet. Vi held kontakten med venner på sosiale medium og har fleire av verdiane våre lagra digitalt. Kriminelle arbeider derfor òg meir mot digitale verdiar og på sosiale medium.
Utviklinga der internett blir nytta til å komme i kontakt med barn og unge for å gjere overgrep, er svært bekymringsfull. Samarbeid med private aktørar er nødvendig for å sikre at barn og unge er trygge på internett. Politiet er til stades på sosiale medium, og særleg dei som blir brukte av barn og unge. Regjeringa vil greie ut om det skal innførast ei plikt til å avdekke, rapportere og fjerne materiale som inneheld seksuelt misbruk av barn, og innhald som har «grooming» av barn til formål.
Straffesaksbehandling
Dei allmenne måla for behandling av straffesaker er høg kvalitet, høg oppklaringsprosent, kort behandlingstid og adekvat reaksjon. I tråd med Riksadvokaten sitt fagleiingsrundskriv skal det vere dialog med statsadvokatembeta og politimeistrane når prioriteringar og mål for straffesaksbehandlinga i politiet blir fastsette.
Politiet har redusert restansar knytte til straffesaksbehandling og føring for retten dei siste åra. Likevel er det utfordringar ved resultata, også på nokre av dei høgast prioriterte områda. Bl.a. er oppklaringsprosenten for vald- og seksuallovbrot framleis for låg, og han har hatt ei negativ utvikling de siste åra. Særleg gjeld dette for vald i nære relasjonar. Behandlingstida er òg for lang, sjølv om ho har blitt betre. Dette er utfordringar som òg er påpeika i undersøkinga til Riksrevisjonen, Dokument 3:7 (2021–2022). Dette krev merksemd frå leiinga i politidistrikta og samhandling med statsadvokatembeta for å finne eigna tiltak.
Den negative utviklinga av oppklaringsprosenten må analyserast nærmare for å avdekke årsakene til utviklinga slik at tiltak kan setjast i verk for å snu utviklinga. Riksadvokaten og Politidirektoratet er i gang med dette arbeidet, som Riksadvokaten leier. Tilsvarande arbeider Riksadvokaten og Politidirektoratet med å avdekke årsaker til den markante auken av registrerte seksuallovbrot den siste tida slik at eigna tiltak kan setjast i verk.
I tråd med Riksadvokaten sine sentrale prioriteringar for 2022 er det forventa auka innsats for å avdekke, etterforske og føre for retten fleire saker om økonomisk kriminalitet. Det er viktig å snu nedgangen i talet på etterforska lovbrot som gjeld økonomisk kriminalitet, som har vart i mange år.
Mykje av den organiserte kriminaliteten, t.d. grov narkotikakriminalitet, skjer ved bruk av kommunikasjon via nettenester og andre plattformer. Kripos har spissa etterforskingskunnskap på dette området. Utfordringsbiletet viser at internett og digitale teknologiar er i bruk i nesten alle former for kriminalitet og har auka dei siste åra. Det er derfor nødvendig at også politidistrikta byggjer kompetanse.
I heile sektoren blir det utvikla løysingar for å støtte oppunder ein meir effektiv og sikker arbeidsprosess frå eit lovbrot blir meldt til politiet, under etterforskinga, gjennom behandlinga i domstolane og fram til straffa skal sonast.
Forvaltningsoppgåver og sivil rettspleie
Forvaltningsoppgåvene til politiet skal sikre innbyggjarane effektive tenester med god kvalitet. Forvaltningsoppgåvene bidrar òg til å førebyggje kriminalitet og uønskte hendingar. Førebygging gjennom forvaltning inneber at politiet bruker informasjon dei allereie har, i samhandling med andre fagområde i politiet. Det kan føre til at løyve ikkje blir gitt eller at løyve blir kalla tilbake frå personar som ikkje lenger fyller vilkåra for å ha slike løyve (våpen, førarkort, vaktverksemd, pass og ID-kort, brukthandel osv.).
Politiet si teneste for pass og ID-kort treffer nesten heile befolkninga. Kontrollen med og utferdinga av ID-dokument bidrar til å førebyggje kriminalitet og tryggje identiteten til innehavaren. I 2022 har auka etterspurnad etter pandemien og manglande råvarer som følgje av krigen i Ukraina utfordra kapasiteten til politiet og gjort det vanskeleg for produsenten å levere mange nok dokument. Regjeringa er opptatt av å gi innbyggjarane eit best mogleg tilbod om pass og ID-kort nær der folk bor. Justis- og beredskapsdepartementet har i samarbeid med politiet fått gjennomført fleire tiltak for å redusere ventetida og køane på pass- og ID-kontora og vil vurdere andre tiltak for å sikre betre tilgjengelegheit og kortare reiseveg for folk i heile landet. Politidirektoratet er òg bede om å starte eit arbeid for å sjå på tiltak som kan gjere leveransekjeda for pass og ID-kort meir robust og auke den nasjonale beredskapen. Tiltaka som er sette i verk, svarer ut vedtaka som vart fatta av Stortinget under behandlinga av representantforslag 160 S (2021–2022) 3. juni 2022, jf. Innst. 431 S (2021–2022) og vedtak 647 til 652.
Politidirektoratet har fått i oppdrag å etablere ei betre og meir effektiv digital våpenforvaltning i samarbeid med Brønnøysundregistera. Det vart mogleg for innbyggjarane å sende inn søknad om jaktvåpen digitalt frå 2. september 2021, og arbeidet med å automatisere saksbehandlinga er i gang. Det er venta at automatiseringa vil gi effekt frå 2023, noko som venteleg vil korte ned saksbehandlingstida vesentleg. I mellomtida er det gjennomført fleire tiltak for å redusere saksbehandlingstida i 2022, bl.a. er budsjetta til politidistrikta med lengst saksbehandlingstid og flest våpensøknader styrkt med 13,5 mill. kroner. Dette har ført til at dei har kunna tilsetje fleire saksbehandlarar og auke bruken av overtid. I tillegg vart Politidirektoratet gitt i oppdrag å øyremerkje ytterlegare 10 mill. kroner for å få ned saksbehandlingstidene i inneverande år.
Forskrift om nasjonalt register for vaktverksemd vart fastsett av departementet 25. januar 2022 og sett i verk 1. april 2022. Vaktverksemdregisteret skal bidra til ei effektiv og formålstenleg løysing av politiet sine løyve- og kontrolloppgåver etter vaktverksemdlova.
Politiet har òg forvaltningsoppgåver knytte til utlendingssaker. Søknader om asyl, opphald og statsborgarskap blir leverte til førstelinja i politiet. Talet på ubehandla saker i politiet auka i 2021, bl.a. fordi politidistrikta prioriterte å redusere ventetida på time for oppmøte for framsetting av søknad i perioden med mindre strenge smitteverntiltak. I tillegg var det ein auke i søknader om statsborgarskap. Talet har auka endå meir i første tertial i 2021, frå 13 000 til nesten 17 000 saker, bl.a. pga. auka oppgåvemengd og at tilsette vart omdisponerte til asylregistrering pga. Ukraina-situasjonen. Sjå omtale under del 1 og programkategori 06.90. Ved utgangen av 2021 hadde åtte av tolv politidistrikt redusert saksbehandlingstida for opphaldssaker. I tillegg har politiet ansvar for å transportere ut personar utan lovleg opphald. Returar til ei rekkje land vart mellombels stansa i 2020 og 2021 pga. virusutbrotet.
Gjennom prioritert saksgang for utlendingar som er ein fare for grunnleggjande nasjonale interesser, samarbeider politiet med PST og utlendingsstyresmaktene om rask saksbehandling og uttransport i slike saker. Dette har betyding for tryggleiken til Noreg og bidrar til å motarbeide kriminalitet.
Sivil rettspleie er eit omgrep for namsmannen sine oppgåver. I samband med revidert nasjonalbudsjett 2020 vart det løyvd midlar til mellombelse stillingar hos namsmannen for å ta unna restansar. Dei mellombelse stillingane vart fasa ut i 2021. Kostnadsutviklinga for forbrukarane er aukande og følges nøye for å imøtekome allereie aukande restansar på best mogleg vis. Det har vore ein tendens til auka saksbehandlingstid i gjeldsordningssaker, noko som går utover rettstryggleiken for dei involverte, som ofte er i ein vanskeleg livssituasjon. Det er iverksett tiltak som er meint å betre saksbehandlingstida i alle distrikta, men særskilt i dei distrikta som er hardast råka.
Gebyret for utlegg er prisa for høgt. Gebyret for utleggsforretningar er på 1 504 kroner. Sjølvkosten til utleggsforretningar er 669 kroner. Overprisinga er 835 kroner over sjølvkosten. Ein vesentleg del av disse sakene gjeld i tillegg personar med dårleg evne til å betale. Sjå òg omtale under programkategori 06.20.
Post 01 Driftsutgifter, kan nyttes under kap. 441, post 01 og kap. 443, post 01
Posten dekker alle ordinære driftsutgifter i politiet og dei lokale einingane til Politiets tryggingsteneste (PST) i politidistrikta, med unntak av Politidirektoratet, jf. kap. 441, Politihøgskolen, jf. kap. 442 og påtalemakta i politiet, jf. kap. 443. Element som lønn til tilsette, våpen, køyretøy, verneutstyr, uniformer og IKT m.m. er driftsrelaterte innsatsfaktorar som er budsjetterte under posten. Justis- og beredskapsdepartementet held tilbake ein mindre del av løyvinga sentralt.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 75 mill. kroner som skal gå til betre lokale polititenester og beredskap, meir tilgjengeleg politi for folk i heile landet og nye polititenestestader.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 71,3 mill. kroner til heilårsverknaden av at politiet og PST har auka kapasiteten til å avdekke samansette truslar og etterretning i dei tre nordlegaste fylka, jf. Prop. 78 S (2021–2022), jf. Innst. 270 S (2021–2022).
Det blir foreslått å auke løyvinga med 53 mill. kroner som følgje av endra periodisering av utgifter til planlagde prosjekt i politiet, jf. Prop. 115 S (2021–2022), jf. Innst. 450 S (2021–2022).
Det blir foreslått å auke løyvinga med 225 mill. kroner for å handtere auka asylinnkomstar frå Ukraina. Styrkinga skal gi politiet ressursar til arbeidet med registrering. Sjå òg omtale under programkategori 06.90 Beskyttelse og innvandring.
Det blir foreslått å redusere løyvinga med 242,2 mill. kroner, irekna 20 mill. i redusert driftsbudsjett for Politidirektoratet, og 168,1 mill. kroner i reduksjon i bl.a. politiet si bruk av konsulentar, i Politiets IT-eining og Politiets fellestenester og sentral administrasjon i politidistrikta.
Det blir foreslått å redusere løyvinga med 389,2 mill. kroner i samband med at det blir foreslått å opprette eit nytt budsjettkapittel for Politidirektoratet, jf. omtale under kap. 441. Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) skal gå gjennom Politidirektoratet sitt mandat, oppgåver og ressursar. Regjeringa vil bruke denne rapporten i si vurdering av om organiseringa og styringa i norsk politi bør endrast.
Det blir foreslått å redusere løyvinga med 1 421,4 mill. kroner i samband med at blir foreslått å opprette eit nytt budsjettkapittel for påtalemakta i politiet, jf. omtale under kap. 443.
Det blir foreslått å redusere løyvinga med 28,5 mill. kroner i samband med at det blir foreslått å opprette ei ny budsjettpost for Schengen IKT-systema i politiet, jf. omtale under post 46.
Det er òg endringar som følgje av tidlegare budsjettvedtak og tekniske endringar på posten som ikkje blir omtalte nærmare.
Samla blir det foreslått ei løyving på 19 520,8 mill. kroner i 2023.
Regjeringa foreslår at Justis- og beredskapsdepartementet får ei bestillingsfullmakt under kap. 440, post 01, på 250 mill. kroner i 2022, jf. forslag til vedtak. Det blir foreslått ei nettobudsjetteringsfullmakt under posten, jf. forslag til vedtak.
Regjeringa foreslår at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 440, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3440, postane 02, 03 og 04, jf. forslag til vedtak.
Post 22 Søk etter antatt omkomne, kan overføres
Løyvinga på posten skal dekke utgifter til søk etter personar ein reknar med er omkomne på havet, i innsjøar, i vassdrag og på landområde. Posten dekker òg nokre personellutgifter og ev. utgifter til å betre søkemetodane.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 10,1 mill. kroner.
Post 23 Sideutgifter i forbindelse med sivile gjøremål
Løyvinga på posten skal dekke sideutgifter i samband med sivile gjeremål. Dette gjeld i hovudsak sideutgifter i samband med tvangsforretningar og utgifter i samband med gjeldsordningssaker.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 34,8 mill. kroner.
Post 25 Variable utgifter ved ankomst, mottak og retur i politiets utlendingsforvaltning
På posten fører ein dei variable utgiftene til retur av personar med avslag på søknad om asyl, bortviste og utviste personar, og personar som skal forlate Noreg i tråd med Dublin-regelverket. Dette regelverket slår fast kva land som har ansvaret for å behandle søknad om asyl. Når andre land har ansvaret for å behandle søknad frå person som er i Noreg, kan personen returnerast til dette landet. For slike returar gjeld det særskilde fristar. Om retur ikkje skjer innan fristen, må saka takast til behandling i Noreg.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 104,4 mill. kroner.
Post 45 Større utstyrsanskaffelser og vedlikehold, kan overføres
Posten omfattar utgifter til større utstyrsanskaffingar og vedlikehald.
Fleire prosjekt går over i ein driftsfase, og samstundes blir det foreslått å omdisponere løyvinga til politiet som gjeld Noreg sine Schengen-IKT-forpliktingar til kap. 440, post 46, slik at løyvinga på posten blir foreslått redusert, jf. omtale under kap. 440, post 46.
Det blir foreslått å redusere løyvinga på posten med 53,4 mill. kroner. Samla blir det foreslått ei løyving på posten på 80,8 mill. kroner.
Post 46 Investeringer i Schengen-IKT-systemer, kan overføres
Det blir foreslått å opprette ein ny budsjettpost for politiet sine prosjektutgifter knytte til utvikling og implementering av nye felles-europeiske IKT-system for styrkt grensekontroll, betre informasjonsdeling og tryggleik, jf. omtale under del I, under kap. 440 og under kap. 490. Fram til 2025 vil det vere eit omfattande utviklingsarbeid med systema i politiet og utlendingsstyresmaktene, og løyvinga på posten vil dekke prosjektutgiftene til systemutviklinga i politiet.
Det blir foreslått å auke løyvinga på posten med 114,1 mill. kroner til politiet sine prosjektutgifter knytte til prosjekta SIS recast og Entry/Exit System (EES), mot ein samla tilsvarande reduksjon på kap. 440, post 01 og post 45.
Det blir videre foreslått å auke løyvinga på posten med 98,8 mill. kroner som følgje av endra periodisering av utgifter til prosjekta for SIS recast, Eurodac recast og EES, jf. Prop. 115 S (2021–2022), jf. Innst. 450 S (2021–2022).
Det blir foreslått å auke løyvinga på posten med 288,2 mill. kroner til utvikling og implementering av systema Interoperabilitet, Eurodac og VIS i politiet.
Det blir foreslått ei samla løyving på posten på 501,1 mill. kroner. Sjå òg omtale under kap. 490.
Post 48 Tildeling fra EUs grense- og visumfinansieringsordninger, kan overføres
Noreg tek frå og med 2023 del i EU si nye grense- og visumordning under finansieringsordninga Financial support for border management and visa (BMVI-fondet) som eit Schengen-tilknytt land. BMVI er ein del av EU si migrasjons- og grenseforvalting, og skal særleg støtte varetakinga av yttergrensa. Samstundes skal ordninga hjelpe til vidareutvikling av den felles visumpolitikken i tillegg til implementering av den integrerte grenseforvaltningsstrategien hos medlemslanda. Vidare skal ordninga støtte arbeidet mot irregulær migrasjon.
BMVI-fondet erstattar Det indre tryggleiksfondet (ISF-fondet). Noreg tek imot støtte frå EU for å gjennomføre prosjekt innanfor grense- og visumsamarbeidet som er retta mot måla til ordninga. Dei årlege tildelingane frå EU baserer seg på dokumentert forbruk frå støttemottakarar. Midlane blir derfor forskoterte over statsbudsjettet. Dei samla refusjonane under kap. 3440, post 08, skal om lag svare til dei samla tildelingane over heile fondsperioden.
2023 vil vere det første året Noreg vil bruke midlar frå BMVI-fondet. Løyvingane til prosjekt under BMVI-fondet vil løyvast samla over kap. 440, post 48, og i 2023 vil både politiet, Utlendingsdirektoratet (UDI) og Utenriksdepartementet (UD) gjennomføre prosjekt med midlar frå fondet.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 14,1 mill. kroner.
Post 70 Tilskudd
Posten inneheld tilskot til tiltak mot menneskehandel og prostitusjon, medrekna hjelpetiltaket ROSA for utgifter til koordinering av butilbod og drift av ein hjelpetelefon, til tryggingstiltak ved trus- og livssynssamfunn og til politiforeiningar.
Tabell 2.7 Tilskot som blir lyste ut
(Beløp i 1 000 kroner) | |
---|---|
Tilskot | Forslag 2023 |
Tiltak mot menneskehandel og prostitusjon | 37 491 |
Tryggingstiltak ved trus- og livssynssamfunn | 5 142 |
Politiforeiningar | 4 730 |
Sum | 47 363 |
Tiltak mot menneskehandel og prostitusjon
Formålet med tilskotsordninga er å motverke at barn og vaksne blir utsette for menneskehandel, hjelpe menneske ut av prostitusjon og redusere etterspurnaden etter prostitusjon.
Organisasjonar som driv frivillig verksemd, kan få tilskot. Dersom frivillige organisasjonar ikkje tilbyr tilfredsstillande aktivitetar og tiltak, kan kommunar få tilskot for å gjere det. Det kan bli gitt tilskot til tiltak som bidrar til å oppfylle formålet med ordninga. Justis- og beredskapsdepartementet tildeler tilskot etter ei skjønnsmessig vurdering av i kor stor grad dei aktuelle prosjekta kan bidra til å oppfylle formålet med tilskotsordninga. Departementet går gjennom rapportering frå mottakarane. Tilskota i 2021 førte bl.a. til at offer for menneskehandel fekk trygg oppfølging på eigna institusjonar.
Tryggingstiltak ved trus- og livssynssamfunn
Formålet med tilskotsordninga er å hjelpe til at trus- og livssynssamfunn kan gjennomføre fysiske tryggingstiltak, for å vareta ansvaret sitt for å sikre personane som oppheld seg i lokala til trus- eller livssynssamfunnet. Trus- og livssynssamfunn og paraply- og dialogorganisasjonar for trus- og livssynssamfunn som har organisasjonsnummer i Einingsregisteret, kan få tilskot. Ordninga blir forvalta av Politiets fellestenester. I vurderinga av søknadene blir det lagt særleg vekt på i kva grad trus- og livssynssamfunnet blir sett på som eit potensielt mål med opphøgd trussel i den årlege nasjonale trusselvurderinga til Politiets tryggingsteneste, om søkaren har særskilde behov for fysiske tryggingstiltak, og dessutan om søkaren har fått og/eller søkt om støtte frå andre offentlege styresmakter til fysiske tryggingstiltak. Politiets fellestenester gjennomgår rapporteringa frå mottakarane. Tilskota førre året gjekk bl.a. til anskaffing av inngangsdører, tilgangskontroll, overvakingskamera m.m.
Politiforeiningar
Formålet med tilskotsordninga er å leggje til rette for stønad til drift av landsdekkande lag, selskap og foreiningar som bidrar til å ivareta felles faglege, sosiale, kulturelle og velferdsmessige interesser for politiet sine tilsette og pensjonistar. Regjeringa vil fastsette regelverk for ordninga, med nærmare kriterium for tildeling av midlane.
Tabell 2.8 Øyremerkte tilskot til særskild mottakar
(Beløp i 1 000 kroner) | |
---|---|
Tilskot | Forslag 2023 |
Krisesentersekretariatet (ROSA-prosjektet og drift av nasjonal hjelpetelefon) | 5 039 |
Sum | 5 039 |
ROSA-prosjektet jobbar med å støtte personar som er utsette for menneskehandel slik at dei får utløyst sine rettar i Noreg, og å løfte erfaringane og utfordringane deira for å betre vilkåra deira.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 52,4 mill. kroner.
Post 71 Tilskudd Justismuseet
Justismuseet (Nasjonalt museum for politi, rettsvesen og kriminalomsorg) er ei privat stifting i Trondheim. Dette museet skal initiere og drive forsking og vere eit kompetansesenter for dokumentasjon og formidling av kunnskap om kva lov og rett har å seie for det norske samfunnet, historisk sett og i eit samfunnsaktuelt perspektiv.
Justismuseet søker årleg om tilskot og sender årsrapport og rekneskap, godkjende av revisor til Justis- og beredskapsdepartementet. I 2022 var tilskotet på om lag 8 mill. kroner. I tillegg til tilskot, inntekt frå billettsal og utleie av magasin skal Justismuseet søke støtte frå frie fond og private og offentlege støtteordningar.
Tilskotet til Justismuseet er nøkternt, og ein reduksjon vil føre til at Justismuseet ikkje vil klare å tilby gode og publikumsvennlege tenester og utstillingar.
Ein ser ikkje at det er andre potensielle mottakarar av dette tilskotet.
Museumsdrift krev infrastruktur og særskild kompetanse. Vidare er ein rimeleg tidshorisont for tilrettelegging for t.d. utstillingar, viktig for at Justismuseet skal kunne tilby relevante og oppdaterte tenester og utstillingar. Å innlemme tilskotet i ei tilskotsordning ser ein difor ikkje som formålstenleg.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 8,2 mill. kroner.
Post 73 Internasjonale forpliktelser, mv., kan overføres
Løyvinga under posten dekker utgifter knytte til internasjonale forpliktingar, medrekna bl.a. utbetalingar til EU si grense- og visumordning, til Det europeiske byrået for operativ forvaltning av store IT-system på området for fridom, tryggleik og rettferd (eu-LISA) og til Det europeiske grense- og kystvaktbyrået (Frontex). Noreg er gjennom Schengen-medlemskapet vårt forplikta til å vere med på å finansiere aktivitet i dei relevante EU-byråa og til å vere med på innbetalingar til EU si grense- og visumfinansieringsordning.
Det blir bl.a. foreslått å auke løyvinga med 12,9 mill. kroner til betaling av dei norske kontingentane til EU sitt IT-byrå, eu-LISA, i 2023. Vidare blir det foreslått å auke løyvinga med 49,1 mill. kroner til dei norske kontingentane til EU si grense- og kystvaktordning (Frontex). Storleiken på kontingentane blir fastsett i det gjeldande budsjettet i EU-verksemdene, og dei blir betalte i euro.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 657,2 mill. kroner.
Post 74 Midlertidig destruksjonspant for enkelte typer halvautomatiske rifler
I vedtak 883 av 6. mai 2021 bad Stortinget regjeringa om å utarbeide eit forslag til ei økonomisk kompensasjonsordning for våpeneigarar som er ramma av forbodet mot enkelte typar halvautomatiske rifler, jf. våpenlova §5 annet ledd nr. 3. For erverv trådde forbodet i kraft 1. juni 2021, og for innehaving trer forbodet i kraft 1. juni 2024. For å følgje opp vedtaket vart det oppretta ei ordning for mellombels destruksjonspant i perioden 2022-2024. Våpeneigarar som er ramma av forbodet, gis ein eingongssum på 4 000 kroner per våpen som blir levert inn.
Ordninga startar opp når alle uklarheiter er avklart.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 1 mill. kroner.
Kap. 3440 Politiet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Betegnelse | Regnskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
01 | Gebyr – pass og våpen | 420 519 | 817 352 | 718 795 |
02 | Refusjoner mv. | 119 167 | 235 443 | 222 506 |
03 | Salgsinntekter | 40 609 | 60 561 | 51 651 |
04 | Gebyr – vaktselskap og etterkontroll av deaktiverte skytevåpen | 1 218 | 4 828 | 4 828 |
06 | Gebyr – utlendingssaker | 324 188 | 285 457 | 304 187 |
07 | Gebyr – sivile gjøremål | 838 588 | 774 583 | 721 078 |
08 | Refusjoner fra EUs grense- og visumfinansieringsordninger | 32 459 | 65 000 | 94 100 |
Sum kap. 3440 | 1 776 748 | 2 243 224 | 2 117 145 |
Kapittelet består i hovudsak av inntekter frå gebyr for tvangssaker, forliksrådssaker, passutferding og våpenløyve.
Post 01 Gebyr – pass og våpen
Løyvinga på posten dekker inntekter frå behandlingsgebyr for pass og våpenløyve.
Det blir foreslått å redusere løyvinga med 98,6 mill. kroner i samband med redusert forventa etterspurnad etter pass og nasjonale ID-kort.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 718,8 mill. kroner.
Post 02 Refusjoner mv.
Politiet får refundert utgifter for politioppdrag som er utførte for organisasjonar, lag, entreprenørar og offentlege etatar i samsvar med særskild heimel. Omfanget av slike oppdrag varierer frå år til år, og inntektsestimatet er derfor svært usikkert. Utgifter politiet har til deltakinga si i internasjonale operasjonar, blir løyvde på Utanriksdepartementet sitt budsjettkapittel 151 Fred, sikkerhet og globalt samarbeid, og politiet får refundert desse utgiftene frå Utanriksdepartementet.
Regjeringa foreslår at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 440, post 01, kap. 441, post 01 og kap. 443, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3440, post 02, jf. forslag til vedtak.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 222,5 mill. kroner.
Post 03 Salgsinntekter
Inntekter frå innbyte og sal av utskifta køyretøy m.m. blir rekneskapsførte på posten. I tillegg blir inntekter frå sal av spesialutstyr til politidistrikta, kriminalomsorga, tolletaten m.m. førte på posten.
Regjeringa foreslår at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 440, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3440, post 03, jf. forslag til vedtak.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 51,7 mill. kroner.
Post 04 Gebyr – vaktselskap og etterkontroll av deaktiverte skytevåpen
Løyvinga på posten omfattar eingongsgebyr til å dekke utgifter ved behandling av søknader og gebyr ved feilalarmar der politi- og lensmannsetaten rykkjer ut, og etterkontroll av deaktiverte skytevåpen.
Regjeringa foreslår at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 440, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3440, post 04, jf. forslag til vedtak.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 4,8 mill. kroner.
Post 06 Gebyr – utlendingssaker
Løyvinga på posten dekker gebyr i samband med søknad om opphald på anna grunnlag enn vern, statsborgarskap, visum, reisebevis og utlendingspass. Løyvingsforslaget tek utgangspunkt i talet på utlendingssaker til politiet.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 18,7 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett 2022. Bakgrunnen er at det er venta fleire søknader innan visse sakstypar i 2023.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 304,2 mill. kroner.
Post 07 Gebyr – sivile gjøremål
Løyvinga på posten skal dekke gebyrinntekter i samband med den sivile rettspleia på grunnplanet, dvs. gebyr for tvangsforretningar og forliksrådsbehandling.
Det blir foreslått å redusere løyvinga med 65,9 mill. kroner som følgje av lågare forventa gebyrinntekter ved tvangssaker og forliksrådsbehandling pga. endringar i anslag for utleggs- og forlikssaker.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 721,1 mill. kroner.
Post 08 Refusjoner fra EUs grense- og visumfinansieringsordninger
Posten dekker refusjonar frå EU si grense- og visumfinansieringsordning. I 2023 mottek Noreg refusjonar for prosjekt knytt til Det indre trykkleiksfondet (ISF-fondet). Refusjonsutbetalingane vil variere frå år til år og baserer seg på dokumentert forbruk frå støttemottakarar. Midlane blir derfor forskoterte over statsbudsjettet, jf. omtalen under kap. 440, post 48.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 94,1 mill. kroner.
Kap. 441 Politidirektoratet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Betegnelse | Regnskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
01 | Driftsutgifter, kan nyttes under kap. 440, post 01 | 389 156 | ||
Sum kap. 0441 | 389 156 |
Politidirektoratet leier politiet og har ansvaret for fagleg leiing, styring, oppfølging og utvikling i heile etaten, med dei avgrensingane som følgjer av at Riksadvokaten har det faglege overordna ansvaret for all straffesaksbehandling. Politiet er leia av Politidirektoratet og består i tillegg av 21 andre einingar jf. omtale under kap. 440.
Bemanninga per 31. desember 2021 utgjorde 292 årsverk.
Post 01 Driftsutgifter, kan nyttes under kap. 440, post 01
Løyvinga på posten omfattar ordinære driftsutgifter under Politidirektoratet, irekna lønnsutgifter, driftsutgifter til leige av lokale og andre driftsutgifter. I løyvinga på posten er det teke omsyn til reisekutt og innsparing i utgifter til bl.a. konsulenttenester, forvaltning og administrasjon, totalt 20 mill. kroner.
Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) skal gå gjennom Politidirektoratet sitt mandat, oppgåver og ressursar. Regjeringa vil bruke rapporten i si vurdering av om organiseringa, styringa eller fordelinga av ressursane i norsk politi bør endrast. Regjeringa ønskjer å redusere sentralt byråkrati og vil vurdere å foreslå ei ytterlegare omfordeling av midlar frå Politidirektoratet i lys av gjennomgangen.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2023 får fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 441, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3440, post 02, jf. forslag til vedtak.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 389,2 mill. kroner.
Kap. 442 Politihøgskolen
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Betegnelse | Regnskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
01 | Driftsutgifter | 658 811 | 633 618 | 654 870 |
Sum kap. 0442 | 658 811 | 633 618 | 654 870 |
Politihøgskolen er den sentrale utdanningsinstitusjonen for politiet i Noreg og har som hovudoppgåve å drive utdanning, forsking og formidling. Skulen skal vere ein profesjonsretta utdanningsinstitusjon som held eit høgt nivå, og som utviklar og formidlar dei kunnskapane, ferdigheitene og haldningane som politiet må ha for å bidra til å sikre tryggleik, lovlydnad og orden.
Bemanninga per 31. desember 2021 utgjorde 362 årsverk.
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten dekker lønnsutgifter og andre driftsutgifter ved Politihøgskolen.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 27,1 mill. kroner som følgje av at opptaket til bachelorprogrammet ved Politihøgskolen vart auka med 100 studieplassar i 2022, jf. Prop. 115 S (2021–2022), jf. Innst. 450 S.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 3,7 mill. kroner som følgje av at personell knytt til samvirketrening ved Politiets nasjonale beredskapssenter skal vere varig knytt til Politihøgskolen.
Det blir foreslått å redusere løyvinga som følgje av heilårsverknaden av at opptaket til bachelorprogrammet ved Politihøgskolen vart redusert i 2018 og 2020.
Regjeringa foreslår at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 442, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3442, postane 02 og 03, jf. forslag til vedtak.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 654,9 mill. kroner.
Kap. 3442 Politihøgskolen
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Betegnelse | Regnskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
02 | Diverse inntekter | 20 759 | 16 648 | 17 147 |
03 | Inntekter fra Justissektorens kurs- og øvingssenter | 9 298 | 10 901 | 11 228 |
Sum kap. 3442 | 30 057 | 27 549 | 28 375 |
Post 02 Diverse inntekter
Inntektene til Politihøgskolen kjem frå kursverksemd, utleige, kantinesal og boksal, i tillegg til moglege inntekter frå oppdragsverksemd.
Regjeringa foreslår at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 442, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3442, post 02, jf. forslag til vedtak.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 17,1 mill. kroner.
Post 03 Inntekter frå Justissektorens kurs- og øvingssenter
Inntekter frå drifta av Justissektorens kurs- og øvingssenter i Stavern blir førte på posten.
Regjeringa foreslår at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 442, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3442, post 03, jf. forslag til vedtak.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 11,2 mill. kroner.
Kap. 443 Påtalemyndigheten i politiet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Betegnelse | Regnskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
01 | Driftsutgifter, kan nyttes under kap. 440, post 01 | 1 432 401 | ||
Sum kap. 0443 | 1 432 401 |
Påtalejuristane i politiet leier polititenestepersonane si etterforsking og er ansvarlege for etterforskinga i politiet. Dei er direkte underlagde statsadvokatane i enkeltsaker. I Noreg er fyrste nivå i påtalemakta integrert i politidistrikta, som blir leidd av politimeistrane, ein såkalla integrert og framskoten påtalefunksjon.
Bemanninga i påtalemakta i politiet utgjorde 927 årsverk per 31. juli 2022.
Post 01 Driftsutgifter, kan nyttes under kap. 440, post 01
Løyvinga på posten omfattar ordinære driftsutgifter knytt til påtalejuristane i politiet, irekna lønnsutgifter og andre indirekte utgifter. Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2023 får fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 443, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3440, post 02, jf. forslag til vedtak.
Det blir foreslått å auke løyvinga på posten med 1 421,4 mill. kroner, mot ein samla tilsvarande reduksjon på kap. 440, post 01.
Regjeringa styrka påtalemakta i politiet med 26,3 mill. kroner i 2022, jf. Prop. 1 S Tillegg 1 (2021–2022). Det blir foreslått å auke løyvinga i 2023 med ytterlegare 11 mill. kroner til å styrke kapasitet og kompetanse i påtalemakta i politiet. Dette vil òg ha positive konsekvensar for etterforskinga i politiet.
Det blir foreslått ein løyving på posten på 1 432,4 mill. kroner.
Kap. 444 Politiets sikkerhetstjeneste (PST)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Betegnelse | Regnskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
01 | Driftsutgifter | 997 872 | 1 214 194 | 1 298 959 |
45 | Større utstyrsanskaffelser og vedlikehold, kan overføres | 94 000 | 95 822 | |
Sum kap. 0444 | 997 872 | 1 308 194 | 1 394 781 |
Det primære ansvaret til Politiets tryggingsteneste (PST) er å førebyggje, avdekke, etterforske, føre for retten og handtere dei mest alvorlege truslane mot tryggleiken i riket og mot grunnleggjande nasjonale interesser. PST er både ei etterretningsteneste, ei tryggingsteneste og ei polititeneste.
Det er òg ei sentral oppgåve for PST å utarbeide analysar og trusselvurderingar til stønad for avgjerdene til styresmakter og andre aktørar. I tillegg har PST ei viktig rolle som rådgivar. PST samarbeider i stor grad både nasjonalt og internasjonalt under gjennomføringa av samfunnsoppdraget.
Sjefen for PST leier den sentrale eininga (DSE) lokalisert i Oslo og har dessutan det faglege ansvaret for dei lokale PST-einingane i politidistrikta utanfor Oslo. Per 31. desember 2021 utgjorde bemanninga ved den sentrale eininga 616 årsverk.
Arbeidsformer og regelverk
For å møte trusselen frå framande etterretningstenester og terrorisme er det behov for tett samarbeid med ei rekkje aktørar i og utanfor Noreg. Samarbeidet mellom politi-, etterretnings- og tryggingstenestene styrker evna til å møte utfordringane. Samarbeid knytt til cyberdomenet blir bl.a. gjennomført i Felles cyberkoordineringssenter (FCKS), der PST inngår saman med Etterretningstenesta, Nasjonalt tryggingsorgan og Kripos. Felles etterretnings- og kontraterrorsenter (FEKTS) vart etablert i 2021 for å styrke samarbeidet mellom PST og Etterretningstenesta. FEKTS bidrar til ei heilskapleg tilnærming til truslane i dag og i framtida, ved å koordinere saker knytte til terror, kontraetterretning, masseøydeleggingsvåpen og andre prioriterte områder. Det er òg etablert eit forsterka samarbeid og informasjonsutveksling mellom PST og politiet, som skal bidra til eit betre situasjonsbilete på sivil side knytt til såkalla samansett verkemiddelbruk.
PST sitt samfunnsoppdrag inneber at dei skal støtte regjeringa, andre styresmakter og sivilsamfunnet med informasjon som kan støtte avgjerdene dei må ta på dette området. Dagens regelverk støttar ikkje i stor nok grad gjennomføringa av dette samfunnsoppdraget.
Mykje av trusselaktiviteten i dag skjer i det digitale rommet, bl.a. radikalisering til ekstremisme, terrorplanlegging og ulovleg etterretning. For å møte trusselaktørane som opererer i og gjennom det digitale rommet, er det behov for relevante verktøy og kompetanse og eit nødvendig heimelsgrunnlag, samstundes som tenestene verner om personopplysningar. Med tanke på utviklinga i trusselbiletet, og sett opp mot den raske utviklinga innanfor teknologi, er det å sikre eit regelverk som støttar opp under oppgåveløysinga, samstundes som det varetek rettstryggleik og personvernomsyn, eit kontinuerleg arbeid som regjeringa vil følgje opp. Justis- og beredskapsdepartementet følgjer no opp høyringa av eit forslag til endringar i straffelova, straffeprosesslova og politilova som kriminaliserer samarbeid med framand etterretningsteneste om å utøve påverknadsverksemd.
For å sikre at styresmakter og andre som treng informasjon får eit godt grunnlag for avgjerdene sine, blir det no vurdert å foreslå å lovfeste etterretningsoppdraget til PST og å gi ein heimel for behandling av ope tilgjengeleg informasjon.
Ulovleg etterretningsverksemd
Statar viser evne og vilje til å oppnå strategiske mål på eit vis som i aukande grad utfordrar nasjonal tryggleik. Framande statar bruker ein kombinasjon av ulike verkemiddel, sivile og militære, opne og fordekte, i det fysiske så vel som i det digitale rommet. Dette gjer trusselbiletet meir utfordrande og samansett. Den tryggingspolitiske situasjonen etter at Russland angreip Ukraina, har aktualisert denne problemstillinga ytterlegare. Døme på verkemiddel som er særleg krevjande å oppdage og førebyggje, er økonomiske verkemiddel i form av oppkjøp og investeringar, og påverknadsaktivitet, særleg når han tek form av falske nyheiter og desinformasjon. Samansett verkemiddelbruk utfordrar òg evna styresmaktene har til å fange opp trusselaktørar, til å følgje truslane over tid og til å vurdere det samla trusselbiletet frå framande statar mot norske interesser. Det er viktig at dei nasjonale tryggingsstyresmaktene har tilstrekkeleg heimelsgrunnlag, kompetanse og ressursar til å avdekke, motverke og handtere den breie verkemiddelbruken som framande statar rettar mot Noreg.
Terror og annan politisk motivert vald
Samfunnsoppdraget til PST omfattar terrorangrep og truslar som gjeld radikalisering og valdeleg ekstremisme. Ein kan aldri garantere at terrorangrep ikkje vil hende. Vi må derfor kontinuerleg arbeide med førebygging og med tryggingstiltak hos utsette aktørar.
Truslar mot styresmaktpersonar
PST bidrar til tryggleik for styresmaktpersonar, bl.a. med livvakttenesta for sentrale styresmaktpersonar, utarbeiding av trusselvurderingar, rådgiving og ulike førebyggjande tiltak.
Norske styresmaktpersonar blir i aukande grad utsette for hatefulle, sjikanerande og truande handlingar, ikkje minst i det digitale rommet. Det er òg bekymringsfullt at norske styresmaktpersonar får auka negativ merksemd frå ekstremistar.
Det er ei svært sentral oppgåve for PST å sikre at dei som tek på seg slike sentrale tillitsverv i politikken, ikkje blir utsette for sjikane eller valdelege angrep på seg sjølv eller på familien sin, og at dei blir sette betre i stand til å sikre seg sjølv mot hatefulle og sjikanerande handlingar. Dette er ein viktig del av PST sitt samfunnsoppdrag med å sikre demokratiet.
Eksportkontroll og arbeidet mot ulovleg spreiing av masseøydeleggingsvåpen
Det er ei viktig oppgåve for PST å drive rådgiving, førebyggjande tiltak og etterforsking av saker med brot på reglane for eksportkontroll med forsvarsmateriell og fleirbruksvarer. Det er dessutan ei viktig oppgåve for dei å hindre ulovleg spreiing av masseøydeleggingsvåpen (MØV). Arbeidet blir stadig meir komplekst, og må sjåast i samanheng med ulovleg etterretning frå framande statar. Dette arbeidet går bl.a. for seg i samarbeid med Utanriksdepartementet, Tolletaten og Etterretningstenesta.
Formidling
For at dei enkelte etatane og verksemdene skal kunne ta kunnskapsbaserte avgjerder for å sikre verdiane og interessene sine, må informasjon og medvit om truslar og sårbarheiter nå alle i dei relevante målgruppene. Den offentlege debatten om forsvars- og tryggingsspørsmål føreset òg at kunnskapen blir formidla så ope som mogleg. Justis- og beredskapsdepartementet prioriterer derfor i samarbeid med Forsvarsdepartementet å vidareutvikle formidlinga av trussel- og risikovurderingane frå etterretnings-, overvakings- og tryggingstenestene. PST har vidareutvikla og målretta arbeidet sitt med trusselformidling og kommunikasjon dei seinare åra,
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten dekker driftsutgifter for den sentrale eininga (DSE) i PST, tillegg til enkelte utgifter til drift av dei lokale PST-einingane i politidistrikta.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 49,2 mill. kroner til heilårsverknaden av at politiet og PST har auka kapasiteten til å avdekke samansette truslar og etterretning i dei tre nordlegaste fylka, jf. Prop. 78 S (2021–2022), jf. Innst. 270 S (2021–2022).
Det blir foreslått å auke løyvinga med 13,2 mill. kroner som følgje av livvakttenesta blir overført til PST.
Det er òg endringar som følgje av tidlegare budsjettvedtak og tekniske endringar på posten som ikkje blir omtalte nærmare.
Regjeringa foreslår at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 444, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3444, post 02, jf. forslag til vedtak.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 1 299,0 mill. kroner.
Post 45 Større utstyrsanskaffelser og vedlikehold, kan overføres
Posten omfattar utgifter til større utstyrsanskaffingar og vedlikehald i PST.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 51 mill. kroner til tryggingstiltak og løysingar for å auke driftstryggleiken i PST, jf. Prop. 78 S (2021–2022), jf. Innst. 270 S (2021–2022).
Det blir foreslått å auke løyvinga med 27,6 mill. kroner til system for analyse av data, jf. Prop. 78 S (2021–2022), jf. Innst. 270 S (2021–2022).
Det blir foreslått å auke løyvinga med 15,3 mill. kroner til innkjøp av operativ teknologi, jf. Prop. 78 S (2021–2022), jf. Innst. 270 S (2021–2022).
Det blir foreslått ei løyving på posten på 95,8 mill. kroner.
Kap. 3444 Politiets sikkerhetstjeneste (PST)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Betegnelse | Regnskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
02 | Refusjoner | 15 619 | 18 677 | 19 237 |
Sum kap. 3444 | 15 619 | 18 677 | 19 237 |
Post 02 Refusjoner
På posten blir det ført rekneskap over inntekter som PST får refundert for enkeltoppdrag, og særskild bistand til Utanriksdepartementet.
Regjeringa foreslår at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 444, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3444, post 02, jf. forslag til vedtak.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 19,2 mill. kroner.
Kap. 445 Den høyere påtalemyndighet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Betegnelse | Regnskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
01 | Driftsutgifter | 307 522 | 312 974 | 317 319 |
Sum kap. 0445 | 307 522 | 312 974 | 317 319 |
Riksadvokaten leier Den høgare påtalemakta både fagleg og administrativt og har den overordna faglege leiinga av heile straffesaksbehandlinga i sin eigen etat og i politiet.
Den høgare påtalemakta er ei fellesnemning for dei ti regionale statsadvokatembeta i Noreg, Det nasjonale statsadvokatembetet, Økokrim og Riksadvokatembetet. Økokrim er både eit statsadvokatembete og ei sentral politieining. Riksadvokaten har det faglege ansvaret for behandlinga av straffesaker ved Økokrim. Politidirektoratet har det overordna ansvaret for anna verksemd ved Økokrim og for administrative saker. Statsadvokatembeta i regionane har den overordna faglege leiinga av straffesaksbehandlinga i politidistrikta i sine regionar. Det nasjonale statsadvokatembetet har påtaleansvaret på statsadvokatnivå for saker som Kripos tek sjølv, og har òg den overordna faglege leiinga av straffesaksbehandlinga ved Kripos.
Det nasjonale statsadvokatembetet har òg påtaleansvaret på statsadvokatnivå for straffesaksbehandlinga ved Politiets tryggingsteneste.
Bemanninga per 31. desember 2021 utgjorde 212 årsverk.
Fagleiing
Den høgare påtalemakta si fagleiing av straffesaksbehandlinga i politiet betyr mykje for å sikre at straffesaksbehandlinga er effektiv og held høg kvalitet. Den høgare påtalemakta har dei siste åra fått auka løyvingar slik at dei gjennom styrkt fagleg styring av påtalemakta i politiet medverkar til auka kvalitet og effektivitet i straffesaksbehandlinga til politiet.
Styrkt fagleiing og ei meir effektiv og rettssikker straffesaksbehandling er formålet bak lovendringar i straffeprosesslova som tredde i kraft 1. juli 2022. Endringane omfattar òg endringar i organiseringa av påtalemakta sitt arbeid. Endringane i lova og utfyllande retningslinjer frå Riksadvokaten frigjer ressursar frå Den høgare påtalemakta ved auka delegasjon av påtalekompetanse til påtalemakta i politiet. Den høgare påtalemakta skal bruke ressursane sine til styrkt fagleiing og anna kvalitetsutvikling av straffesaksbehandlinga i politiet. Fagleiinga av politiet skal bli meir målretta, systematisk og tilpassa politiet sine lokale behov og kriminalitetsutfordringar. Det er ikkje forventa at Den høgare påtalemakta vil aktorere færre saker, men at statsadvokatane meir målretta bruker aktorkompetansen sin på saker som er krevjande faktisk eller juridisk, som er prinsipielle, som har fått stor offentleg merksemd, eller saker på område der det er ønskjeleg at politiet skal avdekke, oppklare og føre for retten fleire straffbare forhold – t.d. arbeidslivskriminalitet.
Den høgare påtalemakta sitt arbeid med tvangsmiddel i politiet
Som ein del av fagleiinga si gav Riksadvokaten presiserande direktiv om tvangsmiddelbruk i mindre alvorlege narkotikasaker ved skriv 9. april 2021. Riksadvokaten bad 13. april 2021 dei ti statsadvokatembeta om å kartleggje og vurdere praksisen til politiet og påtalemakta ved bruk av tvangsmiddel. Riksadvokaten har i ein nasjonal delrapport frå februar 2022 samanfatta og vurdert funna frå statsadvokatembeta sine undersøkingar av praksisen til politiet, og rapporten inneheld tilrådingar til betringar. Betringsarbeidet er godt i gang, og Den høgare påtalemakta og Politidirektoratet samarbeider om tiltak. Ei ny undersøking er sett i verk mot dei områda som krev meir merksemd. Undersøkinga vil bli samanfatta i ein ny nasjonal rapport.
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten dekker i hovudsak driftsutgifter for Den høgare påtalemakta.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 317,3 mill. kroner.
Kap. 3445 Den høyere påtalemyndighet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Betegnelse | Regnskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
02 | Refusjoner | 2 000 | ||
Sum kap. 3445 | 2 000 |
Post 02 Refusjoner
Løyvinga på posten dekker refusjonar frå den tidlegare utleigaren i samband med flytting til nye lokale. Den høgare påtalemakta får ingen refusjonar i 2023.
Kap. 446 Den militære påtalemyndighet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Betegnelse | Regnskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
01 | Driftsutgifter | 9 452 | 9 159 | 9 329 |
Sum kap. 446 | 9 452 | 9 159 | 9 329 |
Generaladvokaten leier den militære påtalemakta og er overordna krigsadvokatane. Generaladvokaten er underlagd Riksadvokaten i påtalemessige spørsmål, men er administrativt underlagd Justis- og beredskapsdepartementet. Generaladvokaten og krigsadvokatane høyrer til påtalemakta og har ansvar for militære straffesaker. Dei støttar militære sjefar ved etterforsking av disiplinærsaker og fører juridisk kontroll med utøving av disiplinærmakta ved å uttale seg i ei rekkje disiplinærsaker før refs blir gitt, og dessutan ved å uttale seg i alle klagesaker. I tillegg til dei løpande oppgåvene har generaladvokaten ansvaret for å førebu verksemda til den militære påtalemakta i krigstid. Embetet har òg oppgåver av folkerettsleg art innanfor fagområde sitt.
Bemanninga per 31. desember 2021 utgjorde 6,5 årsverk.
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten dekker alle driftsutgiftene for generaladvokatembetet, irekna krigsadvokatane for Sør- og Nord-Noreg.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 9,3 mill. kroner.
Kap. 448 Grensekommissæren
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Betegnelse | Regnskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
01 | Driftsutgifter | 5 838 | 5 983 | 6 104 |
Sum kap. 0448 | 5 838 | 5 983 | 6 104 |
Post 01 Driftsutgifter
Bemanninga ved Grensekommissariatet per 31. desember 2021 utgjorde tre årsverk. Løyvinga på posten dekker utgifter til lønn og andre driftsutgifter. Posten skal dessutan dekke utgifter til grensemerking mellom Noreg og Russland og utgifter i samband med møte med finske og russiske grensestyresmakter.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 6,1 mill. kroner.
Programkategori 06.50 Redningstenesta, samfunnstryggleik og beredskap
Utgifter under programkategori 06.50 fordelte på postgrupper
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post-gr. | Betegnelse | Regnskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 | Pst. endr. 22/23 |
01-25 | Driftsutgifter | 2 862 734 | 2 899 148 | 3 324 733 | 14,7 |
30-49 | Nybygg, anlegg m.v. | 1 725 601 | 2 715 214 | 2 032 456 | -25,1 |
60-69 | Overføringer til kommuner | 1 963 450 | |||
70-89 | Overføringer til private | 307 241 | 320 279 | 339 567 | 6,0 |
Sum kategori 06.50 | 6 859 026 | 5 934 641 | 5 696 756 | -4,0 |
Utgifter under programkategori 06.50 fordelte på kapitler
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Betegnelse | Regnskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 | Pst. endr. 22/23 |
451 | Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap | 3 778 587 | 1 647 346 | 1 887 295 | 14,6 |
452 | Sentral krisehåndtering | 25 447 | 27 548 | 27 916 | 1,3 |
453 | Sivil klareringsmyndighet | 47 645 | 47 324 | 57 829 | 22,2 |
454 | Redningshelikoptertjenesten | 2 180 024 | 3 341 525 | 2 761 130 | -17,4 |
455 | Redningstjenesten | 462 232 | 471 413 | 507 362 | 7,6 |
457 | Nasjonal sikkerhetsmyndighet | 365 091 | 399 485 | 455 224 | 14,0 |
Sum kategori 06.50 | 6 859 026 | 5 934 641 | 5 696 756 | -4,0 |
1 Innleiing
Programkategori 06.50 Redningstenesta, samfunnstryggleik og beredskap omfattar Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB), Sivil klareringsmyndigheit (SKM), Nasjonalt tryggingsorgan (NSM), redningshelikoptertenesta, redningstenesta og sentral krisehandtering.
Verksemdene i programkategori 06.50 er sentrale i arbeidet med stats- og samfunnstryggleik. Verksemdene skal saman med departementet hjelpe til med å sikre tryggleiken til innbyggjarane ved at samfunnet best mogleg blir i stand til å førebyggje, motverke og unngå uønskte hendingar. Politiet og Politiets tryggingsteneste (PST) hjelper med trusselforståing, kapasitet og kompetanse for å redusere sårbarheit i samfunnet, jf. òg omtalen under programkategori 06.40.
2 Prioriteringar i 2023
Noreg står overfor eit komplekst trussel- og risikobilete. Endringar i det tryggleikspolitiske biletet, endringar i klima, globalisering, urbanisering og den teknologiske utviklinga bidrar til dette.
Regjeringa sette ned ein totalberedskapskommisjon den 21. januar 2022 for å sjå på korleis dei samla beredskapsressursane kan nyttast best mogleg. Kommisjonen skal vurdere styrkar og svakheiter ved dagens beredskapssystem og foreslå korleis dei samla ressursane i samfunnet kan og bør innrettast for å utvikle samfunnstryggleik og beredskap vidare, og sikre best mogleg samla nytte av beredskapsressursane. Kommisjonen skal levere vurderingane sine i form av ein NOU i 2023.
Krigen i Ukraina har skapt ein ny tryggleikspolitisk situasjon som òg får konsekvensar for det sivile samfunnet i Noreg.
Den nye tryggleikspolitiske situasjonen vil påverke forholdet Noreg har til Russland som nabo i nord. Etterretningstrusselen i Noreg er blitt høgare. Regjeringa vil styrke tryggleiken til den norske befolkninga og norske interesser. Klimaendringar er ein av dei aller største utfordringane i vår tid. I åra framover må vi forvente meir ekstremt vêr og auka påkjenningar frå naturhendingar. Det er derfor nødvendig å styrke innsatsen for å betre den sivile beredskapen i Noreg.
Regjeringa styrkte beredskapen i Noreg gjennom tiltak i Prop. 78 S (2021–2022), jf. Innst. 270 S (2021–2022). Tiltaka knytt til førebyggjande tryggleik var bl.a. ei styrking av Nasjonalt tryggingsorgan (NSM), forbetring av kommunikasjons- og samhandlingsløysingar for den nasjonale krisehandteringa, auking av kompetansen til å oppdage og handtere uønskte hendingar, utvikling og sikring av datasystem i Politiets tryggingsteneste (PST) og auka kapasitet til tryggleiksklareringar i Sivil klareringsmyndigheit (SKM).
Vidare har regjeringa styrkt den operative evna til Sivilforsvaret og satt i gang eit arbeid med å etablere ei moderne befolkningsvarsling basert på Cell Broadcast-teknologien. Cell Broadcast er ein teknologi som kan leverast over mobilnetta, og inneber at ei melding blir kringkasta innanfor eit geografisk område, med moglegheit for lokal, regional eller nasjonal varsling. Systemet vil bidra til å styrke eigenberedskapen og vil vere eit betydeleg løft av samfunnstryggleiken.
Sivilforsvaret har fått lagt til rette for auka øving av dei tenestepliktene og moglegheit for å anskaffe nødvendig moderne utstyr. Vidare fekk dei frivillige organisasjonane i redningstenesta dekt driftsutgiftene til fleire nye Nødnett-terminalar. Dei frivillige organisasjonane er heilt nødvendige for å redde liv over heile landet. Støtte til drift av nye Nødnett-terminalar er viktig for at ein sentral del av redningstenesta skal kunne bidra effektivt i søk- og redningsaksjonar.
Hovudredningssentralen
HRS har ansvaret for å koordinere og leie redningsaksjonar i Noreg. I nordlege havområder er Noreg ein leiande rednings- og beredskapsaktør. HRS opplever press i nord med eit utvida ansvarsområde for søk og redning, i kombinasjon med minkande sjøis, aukande sivil og militær maritim trafikk og stadig meir cruisetrafikk der sesongen startar tidlegare og sluttar seinare.
Regjeringa foreslår å auke grunnbemanninga ved HRS på Sola og i Bodø og foreslår å auke løyvinga med 14 mill. kroner i 2023. Ei styrking av grunnbemanninga vil dekke behovet for å handtere det auka talet på hendingar, møte risiko knytt til klimaendringar, auka trafikk i nordområda og vil redusere risikoen for at kapasiteten til HRS ikkje blir overbelasta som følgje av fleire samstundes redningsaksjonar, eller ei stor og kompleks hending som ikkje lar seg handtere med dagens tal på redningsleiarar på vakt. Styrkinga vil òg betre samvirket i den norske redningstenesta, både med å sikre at utviklinga blir forankra i dei faktiske behova til aktørane i redningstenesta og ved betre erfaringsdeling frå hendingar og øvingar.
Innbyggjarane i nord har over ein lengre tid hatt lågare kapasitet på redningshelikopter enn innbyggjarane i resten av landet. For å styrke redningsberedskapen i Nord-Noreg vart det etablert ein ny redningshelikopterbase i Tromsø med grunnlag i å leige inn sivile helikopter frå 1. juli i 2022.
3 Tverrsektorielt arbeid innanfor nasjonal tryggleik og samfunnstryggleiksområdet
Arbeid innanfor tryggleik
Fleire statar bruker verkemiddel mot Noreg og norske interesser på ein måte som utfordrar dei nasjonale tryggleiksinteressene våre. Hybride eller samansette truslar kan hende i ulike sektorar og innanfor både privat og offentleg verksemd. Drivkrefter som teknologiutvikling og digitalisering gir auka sårbarheit, samstundes som trusselaktørane får fleire angrepsflater. Framande statar bruker òg store ressursar på tradisjonelle verkemiddel, som å rekruttere norske borgarar eller eigne borgarar som bur i Noreg, for å få tilgang til informasjon eller andre verdiar som er av betyding for den aktuelle staten.
Den tryggingspolitiske situasjonen inneber auka risiko for alvorlege digitale hendingar og aktivitet innanfor framand etterretning og påverknad. I tråd med Prop. 78 S (2021–2022), jf. Innst. 270 S (2021-2022), vart det i 2022 løyvd 200 mill. kroner til auka digital tryggleik for betre evne til handtering av alvorlege digitale hendingar og betre evne til å oppdage digitale hendingar. Det vart òg gitt løyvingar til høgare digital tryggleik i kommunesektoren. For å redusere risiko for innsidarar i teneste for framand etterretning, vart kapasiteten innanfor saksbehandlinga av tryggingsklarering auka.
Erfaringar frå andre vestlege land viser at fleire statar bruker økonomiske og finansielle verkemiddel, som investeringar og oppkjøp, for å påverke politiske avgjerder, innhente sensitiv informasjon og skaffe seg tilgang til teknologi eller naturressursar av strategisk betyding. I arbeidet mot uønskte investeringar i norske verksemder er retningslinjer for koordinering av departementa si behandling av slike saker ferdigstilt. Som nasjonalt kontaktpunkt for screening av utanlandsinvesteringar bidrar NSM, saman med dei andre etterretnings-, overvakings- og tryggingstenestene (EOS-tenestene), med leveransar til særskilde kapasitetar innanfor eit departementsnettverk for screeningssaker.
Regjeringa har under arbeid forslag til endringar i tryggingslova om eigarskapskontroll og identifisering av eigedommar av tryggingsmessig betyding. Eigedommar av tryggingsmessig betyding betyr eigedommar som ligg i nærleiken av eller kan utgjere ein tryggingsrisiko for skjermingsverdige objekt, militære område eller tilsvarande. Regjeringa tek sikte på å fremme forslag til endringar til Stortinget hausten 2022. Det er til vurdering behov for ytterlegare tiltak på området.
Samordningsrolla til Justis- og beredskapsdepartementet
Samordningsrolla til Justis- og beredskapsdepartementet er fastsett i Instruks for departementenes arbeid med samfunnssikkerhet (samfunnstryggleiksinstruksen). DSB har samordningsansvar på etatsnivå, og statsforvaltarane og kommunane har samordningsansvar på regionalt og lokalt nivå. Ansvaret for samfunnstryggleiken er fordelt på alle sektorar.
Justis- og beredskapsdepartementet har ansvar for å halde oversikt over kva for funksjonar som i eit tverrsektorielt perspektiv er nødvendige for samfunnstryggleiken. Regjeringa har etablert eit system der departementa er peika ut som hovudansvarlege for 14 kritiske samfunnsfunksjonar. Departementa har ansvar for heilskapleg samordning innanfor dei nødvendige samfunnsfunksjonane. Innføringa av hovudansvarlege departement inneber ikkje at sektoransvaret eller Justis- og beredskapsdepartementet si samordningsrolle blir endra, men det er ei tydeleggjering av ansvaret.
Tabell 2.9 Kritiske samfunnsfunksjonar og område
Kritiske samfunnsfunksjonar og område | Hovudansvarleg departement | Andre departement med ansvar |
---|---|---|
Elektroniske kommunikasjonsnett og -tenester (Ekom) | Kommunal- og distriktsdepartementet | Justis- og beredskapsdepartementet, Forsvarsdepartementet |
Digital tryggleik i sivil sektor | Justis- og beredskapsdepartementet | Kommunal- og distriktsdepartementet, dei andre departementa |
Satellittbasert navigasjon og kommunikasjon | Kommunal- og distriktsdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet1 | Justis- og beredskapsdepartementet, Samferdselsdepartementet |
Kraftforsyning | Olje- og energidepartementet | Justis- og beredskapsdepartementet, Klima- og miljødepartementet |
Vatn og avløp | Helse- og omsorgsdepartementet | Klima- og miljødepartementet, Kommunal- og distriktsdepartementet |
Forsyningstryggleik | Nærings- og fiskeridepartementet | Landbruks- og matdepartementet, Samferdselsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet, Forsvarsdepartementet, Olje- og energidepartementet, Finansdepartementet |
Transport | Samferdselsdepartementet | Nærings- og fiskeridepartementet, Klima- og miljødepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet |
Finansielle tenester | Finansdepartementet | |
Helse og omsorg | Helse- og omsorgsdepartementet | Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Landbruks- og matdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet, Forsvarsdepartementet, Barne- og familiedepartementet |
Lov og orden | Justis- og beredskapsdepartementet | Finansdepartementet, Forsvarsdepartementet, Kommunal- og distriktsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet |
Redningsteneste | Justis- og beredskapsdepartementet | Forsvarsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet, Samferdselsdepartementet, Kommunal- og distriktsdepartementet |
Styring og kriseleiing | Justis- og beredskapsdepartementet | Statsministerens kontor, Utanriksdepartementet, Forsvarsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Kultur- og likestillingsdepartementet, Kommunal- og distriktsdepartementet, Finansdepartementet, dei andre departementa |
Forsvar | Forsvarsdepartementet | Justis- og beredskapsdepartementet, Samferdselsdepartementet, Olje- og energidepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Utanriksdepartementet |
Natur og miljø | Klima- og miljødepartementet | Olje- og energidepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet, Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Landbruks- og matdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet Helse- og omsorgsdepartementet, Forsvarsdepartementet |
1 Hovudansvarleg for posisjon, navigasjon og tid, jf. NFD sitt koordineringsansvar for sivil radionavigasjonspolitikk, irekna koordinering av regjeringa sin strategi for PNT (posisjon, navigasjon, tid).
Koronakommisjonen leverte den første rapporten sin, NOU 2021: 6 Myndighetenes håndtering av koronapandemien, 14. april 2021, og den andre og siste rapporten sin, NOU 2022: 5 Myndighetenes håndtering av koronapandemien – del 2, 26. april 2022. Kommisjonen gav ein grundig og heilskapleg gjennomgang og ei evaluering av korleis styresmaktene handterte covid-19-pandemien. Del to av utgreiinga vart send på alminneleg høyring i mai 2022, og departementa arbeider no med oppfølging av høyringssvara og rapporten.
Med siktemål om å få ei samla evaluering av korleis pandemien har vore handtert frå start til slutt, har regjeringa sett ned eit nytt uavhengig utval som skal evaluere styresmaktene si handtering samla sett, og som i tillegg skal evaluere perioden frå 1. november 2021 til tentativt 1. mai 2022. Utvalet skal etter planen levere rapport innan slutten av mai 2023.
Cruiseutvalet gav ei utgreiing i form av NOU 2022: 1 Cruisetrafikk i norske farvann og tilgrensende havområder — Sjøsikkerhet, beredskap og redning – utfordringer og anbefalinger til regjeringa våren 2022. Utgreiinga kom med fleire tilrådingar om tiltak som kan minke risikoen ved cruisetrafikk. Utgreiinga vart send på alminneleg høyring i juni 2022, og departementet arbeider no med oppfølginga av høyringssvara.
Noreg bidrar aktivt til NATO sitt arbeid om sivil beredskap og har ein nær dialog og eit nært samarbeid med dei nordiske landa. Under NATO-toppmøtet i 2021 vart det vedteke ei fornya erklæring om motstandsdyktigheit. Dei sju grunnleggjande forventingane til motstandsdyktigheita til medlemslanda var gjennom ein større revisjon hausten 2021.
Som ein del av forsvarsplanlegging gjennomfører NATO annakvart år ei kartlegging (NATO Defence Planning Capability Survey (NDPCS) i alle medlemslanda. Noreg rapporterte til NATO hausten 2021.
EU si ordning for sivil beredskap vart etablert som EU-program i 2001, og Noreg har delteke sidan ordninga vart oppretta. Noreg har nytt godt av ordninga i samband med handteringa av virusutbrotet, bl.a. med vaksinesamarbeid og anskaffing av eit lager av legemiddel. Gjennom samarbeidet kan Noreg òg bidra med hjelp til andre land, og Noreg kan stille bl.a. det norske Emergency Medical Team (NOR EMT) til disposisjon. Ordninga har vidare vore sentral i samband med krigen i Ukraina gjennom at medlemslanda har nytta ordninga til å sende «in kind»-bidrag til Ukraina i form av legemiddel, telt osv.
Stortinget vedtok våren 2021 å vidareføre Noreg si deltaking i ordninga i perioden 2021–2027. Den årlege kontingenten vil i den nye perioden auke, og det er ønskjeleg at dei miljøa i Noreg som har ansvaret for krisebehandling og sivil tryggleik, i auka grad nyttar dei økonomiske moglegheitene som ligg i ordninga. Det gjeld ikkje minst å melde inn fleire operasjonelle kapasitetar i beredskapsreserven European Civil Protection Pool (ECPP).
Det nordiske samarbeidet om samfunnstryggleik er prega av tett dialog om spørsmål som gjeld nordisk tryggleik. Det er eit tett samarbeid mellom dei nordiske landa innanfor redningstenesta, bl.a. gjennom NORDRED-avtalen.
Justis- og bereskapsdepartementet bidrar frå 2022 til forskingsprosjektet Totalforsvar 2040 ved Forsvarets forskingsinstitutt. I samband med den tryggleikspolitiske situasjonen jobbar aktørane godt saman innanfor ramma av totalforsvarskonseptet. EOS-tenestene deler jamleg trussel- og risikovurderingar med sivile etatar, og ein jobbar for å oppnå ei felles situasjonsforståing på tvers av sektorar og etatar for å kunne identifisere kva konsekvensar situasjonen får for dei ulike sektorane. Dette blir bl.a. gjort i DSB sine samvirkearenaer og i Sentralt totalforsvarsforum.
Justis- og beredskapsdepartementet tek del i finansieringa av program i Forskingsrådet som gjeld samfunnstryggleik (SAMRISK) og digital tryggleik (IKT Pluss). Departementet deltek òg aktivt i EU sitt rammeprogram for forsking på tryggleiksfeltet. Ein nærmare omtale av forskingsinnsatsen innanfor samfunnstryggleik er å finne i programkategori 06.10.
Beredskapsplanlegging
Klimaendringar gjer at det skjer fleire og større naturhendingar enn før. Den nye tryggleikspolitiske situasjonen får òg konsekvensar for den sivile beredskapen i Noreg.
For å møte dei nye utfordringane har regjeringa bl.a. sett i gang eit arbeid med ein heilskapleg gjennomgang av brann- og redningsområdet. Ein tek sikte på å leggje fram ei stortingsmelding om dette.
Justis- og beredskapsdepartementet skal gjennomføre og evaluere nasjonale øvingar i sivil sektor og i tillegg føre årleg oversikt over nasjonale øvingar i sivile sektorar basert på rapportering frå departementa.
Enkelte øvingar for 2022 vart utsette som følgje av den tryggleikspolitiske situasjonen. Nokre av desse øvingane har òg tidlegare blitt utsette med bakgrunn i pandemien. Dette medfører auka øvingsaktivitet i 2023. Justis- og beredskapsdepartementet vil ha ei rolle i fleire av øvingane som er planlagde for 2023. Bl.a. skal DSB leie gjennomføringa av ei tverrsektoriell øving i 2023, øvinga Arctic REIHN 2023. Øvinga involverer internasjonalt samarbeid, nasjonalt tverrsektorielt samarbeid og regionalt og lokalt nivå. Øvingane i 2023 vil variere i storleik og deltaking, men felles for dei alle er at dei vil krevje omfattande ressursar til både planlegging, gjennomføring og evaluering. Erfaringane frå tidlegare øvingar har blitt nytta i handteringa av både pandemien og den endra tryggleikspolitiske situasjonen, særleg knytt til system for sentral krisehandtering i praksis og tverrsektorielt samarbeid på nasjonalt, regionalt og lokalt nivå. Deltaking i øvingar er ein viktig del av verksemda til Krisestøtteeininga (KSE).
Justis- og beredskapsdepartementet reviderer Sivilt beredskapssystem (SBS) kontinuerleg. Revisjonen er toårleg, men prosessen kan aukast ved behov. Den gjeldande utgåva av SBS vart ferdig og godkjend våren 2022. I det vidare arbeidet vil det bli prioritert å tydeleggjere det rettslege grunnlaget for beredskapstiltaka og samanhengane mellom sivil og militær side av beredskapssystemet og dessutan reflektere erfaringar frå den nasjonale krisehandteringa i samanheng med Ukraina-krigen.
Statsforvaltaren skal samordne samfunnstryggleiksarbeidet i fylket, vareta rolla som pådrivar og rettleiar i arbeidet med samfunnstryggleik og dessutan skjøtte ansvaret sitt for krisehandtering ved hendingar. Pandemihandteringa og arbeidet med den tryggingspolitiske situasjonen har vist kor viktig det det tverrsektorielle samfunnstryggleiksarbeidet på lokalt nivå er. Statsforvaltaren skal halde fram den aktive samordningsrolla si og bidra til at totalforsvarsarbeidet blir integrert på regionalt og lokalt nivå.
Kommuneundersøkinga til DSB for 2022 viser nok ein gong at den positive utviklinga i det systematiske samfunnstryggleiksarbeidet til kommunane held fram. Samstundes har nokre kommunar risikoanalysar og planar for krisehandtering og beredskap som ikkje er oppdaterte. Undersøkinga syner òg at samfunnstryggleik i planar etter plan- og bygningslova kan forbetrast. DSB si utvikling av ei digital løysing for enklare utarbeiding av risiko- og sårbarheitsanalysar i arealplanlegginga (DigiROS) vil hjelpe kommunane med dette.
Eit viktig arbeid i 2021 har vore å ta læring av handteringa av virusutbrotet. Det er viktig at evalueringsarbeidet og implementering av læringspunkt frå korleis kommunane og statsforvaltarane handterte pandemien, blir prioritert vidare.
Av årsrapporteringa frå statsforvaltarane kjem det fram at handteringa av pandemien har påverka annan planlagd aktivitet i 2021. Oppfølginga av det førebyggjande arbeidet, medrekna samfunnstryggleik i plan, har vore utfordrande for fleire embete.
Mykje er gjort for å utvikle totalforsvaret vidare og få det implementert på regionalt og lokalt nivå, men mykje arbeid står att. Det er viktig at dette blir prioritert vidare, slik at statsforvaltarane og kommunane integrerer totalforsvaret i det kontinuerlege arbeidet med samfunnstryggleik.
Ein meir detaljert omtale av styringssignal til statsforvaltaren finst i programkategori 13.25 i Prop. 1 S (2022–2023) for Kommunal- og distriktsdepartementet.
Det er relevant på enkelte område å sjå mål og krav til responstid i nødetatane i samanheng, irekna korleis forpliktande responstid skal forståast. Det blir derfor arbeidd vidare med dei forpliktande responstidene og harmonisere omgrep og definisjonar av responstid på tvers av nødetatane der det er relevant. For meir omtale av arbeidet med forpliktande responstid, sjå programkategori 06.40.
Kap. 451 Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Betegnelse | Regnskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
01 | Driftsutgifter | 1 137 395 | 1 006 939 | 1 193 569 |
21 | Spesielle driftsutgifter | 20 881 | 24 299 | 24 940 |
22 | Spesielle driftsutgifter – Nødnett, kan overføres | 496 594 | 515 487 | 529 093 |
45 | Større utstyrsanskaffelser og vedlikehold, kan overføres | 153 369 | 93 544 | 132 415 |
60 | Refusjoner til kommunene | 1 963 450 | ||
70 | Overføringer til private | 6 898 | 7 077 | 7 278 |
Sum kap. 0451 | 3 778 587 | 1 647 346 | 1 887 295 |
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) støttar Justis- og beredskapsdepartementet i samordningsrolla og er på vegne av departementet fag- og tilsynsorgan for sivil samfunnstryggleik, jf. kgl.res. 24. juni 2005. Sivilforsvaret, Nasjonalt utdanningssenter for samfunnstryggleik og beredskap (NUSB) og Noregs brannskule er underlagde DSB. DSB er i tillegg ansvarleg for nød- og beredskapskommunikasjon og staten sitt eigarskap til Nødnett og er nasjonal brann- og eltryggleiksstyresmakt.
Sivilforsvaret
Sivilforsvaret er beredskapsressurs for staten og gir støtte til nød- og beredskapsetatane i heile krisespekteret. Sivilforsvaret har ein styrke på 8 000 tenestepliktige menn og kvinner fordelte i lokale operative avdelingar og seks mobile forsterkningseiningar.
Stortinget fastset kor lang tenestetida for tenestepliktige i Sivilforsvaret skal vere. Tenestetida skal kvart år stadfestast i Prop. 1 S. Justis- og beredskapsdepartementet vidarefører dagens nivå i 2023. Dette inneber årleg utdanning på inntil fem veker, med maksimalt tre veker samanhengande tenestetid. Den årlege øvingstida er på maksimalt fem dagar, i tillegg kjem nødvendige kortare kurs og samlingar. Den samla tenestetida for ein tenestepliktig kan utgjere totalt 19 månader.
Sivilforsvaret vart òg i 2022 gitt øyremerkte løyvingar til materiell og utstyr (køyretøy, CBRNE-materiell og personleg utrusting). Dette gav betring innanfor enkelte materiellkategoriar og reduksjon i det totale materielletterslepet.
Regjeringa styrkte Sivilforsvaret i Prop. 78 S (2021–2022 ), jf. Innst. 270 S (2021–2022). Det blir foreslått å auke løyvinga med 64 mill. kroner som ei vidareføring i 2023 for å auke operativ evne i Sivilforsvaret.
Branntryggleik
Ny fagskule for utdanning av brann- og redningspersonell i Tjeldsund kommune skal etter planen starte opp i 2024. Regjeringa foreslår å løyve 300 mill. kroner under budsjettet til Kommunal- og distriktsdepartementet i 2023 til byggjeprosjekt og brukarutstyrsprosjekt. Regjeringa foreslår å auke løyvinga med 44,2 mill. kroner på kap. 451, post 01, til vidare etablering av fagskulen i 2023.
Handtering av skogbrann er eit kommunalt ansvar. Viktige statlege ressursar for å forsterke dette arbeidet er Sivilforsvaret og skogbrannhelikopter. Statens skogbrannhelikopter er i fast beredskap frå 15. april til 15. august kvart år. DSB har det administrative ansvaret for ordninga og for å sikre at det er beredskap med skogbrannhelikopter, medan Hovudredningssentralen koordinerer sjølve bruken av dei.
Samlokalisering av operasjonssentralane til politiet og 110-sentralane til brann- og redningsvesenet er gjennomført i politidistrikta Innlandet, Møre og Romsdal, Aust og Sør-Aust. Samlokalisering av operasjonssentralen til politiet, 110-sentralen til brann- og rednings-vesenet og AMK-sentralane til helsevesenet er gjennomført i Nordland og Finnmark politidistrikt og skal etter planen gjennomførast i Agder i 2023.
Nød- og beredskapskommunikasjon
Nødnett er det landsdekkande nettet for nød- og beredskapskommunikasjon i Noreg. Nettet gir nød- og beredskapsaktørar høve til å kommunisere avlyttingssikra og effektivt i grupper. NTNU har gjennom ei evaluering av Nødnettprosjektet stadfesta den såkalla Nødnetteffekten, og at denne effekten må sikrast også i framtida. Nødnetteffekten er at ressursane samhandlar betre med Nødnett. Ei sentral oppgåve for DSB er å følgje opp at leverandøren driftar og held infrastrukturen ved like i tråd med kontrakten.
For raskt å kunne nå ut til heile befolkninga skal det etablerast ei mobilbasert befolkningsvarsling basert på Cell Broadcast-teknologien, jf. Prop. 78 S (2021–2022) og Innst. 270 S (2021–2022). Cell Broadcast er ein teknologi som kan leverast over mobilnetta, og inneber at ei melding blir kringkasta innanfor eit geografisk område, med moglegheit for lokal, regional eller nasjonal varsling. Systemet vil bidra til å styrke eigenberedskapen og vere eit betydeleg løft av samfunnstryggleiken.
Telenor har starta arbeid med å avvikle sitt eige koparnett. Det har innverknad på Nødnett, då Nødnett bruker koparkabel frå Telenor for å sende talesignal mellom basestasjonane. For å halde tenestene ved lag må Nødnett gå over på ny teknologi (IP-teknologi). Omlegginga inneber at komponentar i Nødnett må endrast eller skiftast ut. Det er eit omfattande arbeid som fører med seg større kostnader.
Staten har kontrakt om drift av dagens Nødnett til og med 2026. Nødnett kan vidareførast utover 2026. DSB og Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit har gjennomført ei konseptvalutgreiing for å vurdere korleis ei framtidig løysing i kommersielle mobilnett kan og bør realiserast, og for å sjå på overgangen frå dagens Nødnett. Utgreiinga har vore til ekstern kvalitetssikring, og det er behov for ytterlegare utgreiingar før regjeringa tek stilling til val av konsept.
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten skal dekke alle ordinære driftsutgifter for DSB med underliggjande driftseiningar, medrekna Nødnett, Sivilforsvaret, skular og regionkontor.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 19 mill. kroner til etableringa av mobilbasert befolkningsvarsling basert på Cell Broadcast-teknologien, jf. Prop. 78 S (2021–2022 ), jf. Innst. 270 S (2021–2022). Vidare blir det foreslått å auke løyvinga under Kommunal- og distriktsdepartementets kapittel 543, post 70 med 10 mill. kroner til systemet for mobilbasert befolkningsvarsling i systema til mobilnettilbyderane. Sjå også omtale av forslag til auka løyving til formålet under omtalen av kap. 451, post 45.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 64 mill. kroner til for å auke operativ evne i Sivilforsvaret.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 43 mill. kroner til den årlege kontingenten for at Noreg skal delta i EU si ordning for sivil beredskap (UCPM).
Innreiseregistreringssystemet (IRRS) skal etter planen haldast i førebels beredskap ut juni 2023 for mogleg reetablering dersom det er nødvendig. Som følgje av dette er det eit behov for løyving for drifta av systemet i 2023 på 4,6 mill. kroner. På bakgrunn av dette blir det foreslått å auke løyvinga med 4,6 mill. kroner i 2023.
Det blir foreslått å redusere løyvinga med 7 mill. kroner som følgje av at midlar henta inn i 2021 til øvinga Barents Rescue blir førte tilbake til Forsvarsdepartementet, 2 mill. kroner, Helse og omsorgsdepartementet, 2 mill. kroner og Utanriksdepartementet, 3 mill. kroner.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 451, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3451, post 02, post 03 og post 06, jf. forslag til vedtak. Det blir vidare foreslått at posten kan overskridast med inntil 75 pst. av inntektene under kap. 3451, post 40, jf. forslag til vedtak.
Det blir foreslått ei samla løyving på posten på 1 193,6 mill. kroner.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
DSB administrerer skogbrannhelikopterberedskapen i Noreg. Løyvinga på posten dekker utgiftene til flytimar og ekstra beredskap. Faste utgifter i denne beredskapen inngår som ein del av løyvinga under kap. 451, post 01. Vidare dekker posten forskingsaktivitetar som er avtalte mellom DSB og RISE Fire Research AS.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet kan overskride løyvinga under kap. 451 Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap, post 21 Spesielle driftsutgifter med inntil 34 mill. kroner dersom det oppstår ein situasjon med ekstraordinær stor skogbrannfare og/eller mange skogbrannar som gjer det nødvendig med innsats for sløkking og beredskap utover det ein må rekne med i eit normalår. Fullmakta gjeld utan opphald og før Kongen kan gi slikt samtykke, jf. forslag til vedtak.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 24,9 mill. kroner.
Post 22 Spesielle driftsutgifter – Nødnett, kan overføres
Løyvinga på posten dekker utgifter til drift og vedlikehald og mindre utgifter til utvikling og investering i Nødnett og tilhøyrande tenester. Abonnementsavgifta blir fakturert kundane i Nødnett, og inntektene blir førte på kap. 3451, post 05 Abonnementsinntekter.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å kunne overskride løyvinga på kap. 451, post 22, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3451, post 05, jf. forslag til vedtak.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 529,1 mill. kroner.
Post 45 Større utstyrsanskaffelser og vedlikehold, kan overføres
Løyvinga dekker utgiftene for større investeringar i Nødnett og for tilleggskjøp av utstyr og funksjonalitet på vegner av brukarane. Utgifter på vegne av brukarane blir dekte inn av refusjonar på kap. 3451 post 04.
Vidare dekker løyvinga utgifter til større utstyrsanskaffingar til Sivilforsvaret.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 37 mill. kroner til etableringa av mobilbasert befolkningsvarsling basert på Cell Broadcast-teknologien, jf. Prop. 78 S (2021–2022 ), jf. Innst. 270 S (2021–2022), jf. også omtale under kap. 451, post 01.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å kunne overskride løyvinga på kap. 451, post 45, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3451, post 04, jf. forslag til vedtak.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 132,4 mill. kroner.
Post 70 Overføringer til private
Løyvinga på posten skal dekke overføringar til Norsk Elektroteknisk Komite (NEK) som behandlar standardiseringsarbeidet på el-området i Noreg. Vidare dekker posten overføring til Norsk brannvernforening sitt brannførebyggjande arbeid.
NEK er ein aktiv, sjølvstendig og nøytral medlemsorganisasjon som har ansvaret for norsk standardiseringsarbeid innan el- og e-kom. Medlemmene kan vere offentlege og private organisasjonar, institusjonar, etatar og bedrifter. NEK driftar rundt 100 standardiseringskomitear med over 600 ekspertar frå norsk næringsliv, forvaltning og styresmakter. NEK er det norske medlemmen i den europeiske standardiseringsorganisasjonen CENELEC og den tilsvarande globale organisasjonen IEC.
NEK prioriterer forhold som er spesielle for Noreg og som normalt ikkje blir fanga opp av internasjonal standardisering. Spesielt gjeld dette tekniske krav til det norske IT-nettet, tilpassingar som følgje av at energiforbruket i Noreg i stor grad er basert på elektrisitet, krevjande klimatiske (arktiske) forhold og dessutan norsk byggjeskikk. Noreg er eit av dei mest elektrifiserte og digitaliserte landa i verda og derfor avhengig av at standardiseringa på området fungerer. NEK er derfor viktig for at Noreg får gjennomslag internasjonalt i spørsmål som er viktige for Noreg og for eltryggleiken.
Norsk brannvernforening er ei uavhengig stifting som arbeider for at liv, helse og verdiar ikkje skal gå tapt i brann. Foreininga er organisert som ei sjølveigd privat stifting, som arbeider ut i frå eit ideelt formål. Alle inntekter går til brannførebyggjande arbeid og vidareutvikling av organisasjonen. Brannvernforeininga vart etablert i 1923 på initiativ frå forsikringsnæringa og styresmaktene.
Gjennom informasjon, opplæring, sertifisering og rådgiving arbeider foreininga for at menneske, bedrifter og organisasjonar skal ta ansvar for branntryggleiken.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 7,3 mill. kroner.
Kap. 3451 Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Betegnelse | Regnskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
01 | Gebyr | 127 805 | 124 663 | 128 403 |
02 | Refusjoner driftsutgifter Nødnett | 49 122 | 34 752 | 35 795 |
03 | Diverse inntekter | 20 171 | 26 667 | 27 467 |
04 | Refusjoner større utstyrsanskaffelser og vedlikehold Nødnett | 75 436 | 76 611 | 78 909 |
05 | Abonnementsinntekter og refusjoner Nødnett | 494 973 | 489 355 | 514 236 |
06 | Refusjoner | 18 586 | 7 209 | 7 425 |
40 | Salg av eiendom mv. | 109 597 | ||
Sum kap. 3451 | 895 690 | 759 257 | 792 235 |
Post 01 Gebyr
DSB krev inn avgift til å dekke utgifter til forvaltningsoppgåver etter brann- og eksplosjonsvernlova og el-tilsynslova. Avgiftene skal bl.a. dekke utgifter til arbeid med regelverk, informasjon og rettleiing, og tilsyn med at krava som er gitt i eller i medhald av lovene er følgde.
Det blir kravd inn avgift for førsteleddsomsetnad av petroleumsprodukt, for ilandføring av olje og gass i røyrleidning frå sjøområde og dessutan for førsteleddsomsetnad av sprengstoff. Avgiftsinntektene er avhengige av omsetnads- og/eller produksjonsnivået frå føregåande år, slik at DSB ikkje har nokon innverknad på kor store inntektene er.
DSB krev vidare inn avgift for å dekke utgifter til forvaltninga av el-tilsynslova. Avgifta blir kravd inn og fakturert ut etter gjennomførte tilsyn med landbaserte elektriske anlegg, maritime elektriske anlegg, bruk av elektromedisinsk utstyr i somatiske sjukehus o.l.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 128,4 mill. kroner.
Post 02 Refusjoner driftsutgifter Nødnett
Løyvinga dekker refusjonar til DSB for enkelte driftskostnader til direktoratet, som skal finansierast av ei brukarbetalingsordning.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å kunne overskride løyvinga på kap. 451, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3451, post 02, jf. forslag til vedtak.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 35,8 mill. kroner.
Post 03 Diverse inntekter
Løyvinga på posten består av inntekter i samband med kursverksemd ved Noregs brannskule, NUSB og Sivilforsvaret sine utdannings- og kompetansesenter. Vidare består posten av utleige av Sivilforsvaret sine anlegg, og sal av læremateriell m.m. ved skulane.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 451, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3451, post 03, jf. forslag til vedtak.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 27,5 mill. kroner.
Post 04 Refusjoner større utstyrsanskaffelser og vedlikehold Nødnett
Løyvinga omfattar refusjonar frå brukarar av Nødnett for tilleggskjøp av utstyr og funksjonalitet som er bestilt av DSB gjennom avtalane deira. Utgiftene blir førte på kap. 451, post 45, og DSB fakturerer kundane for dette.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å kunne overskride løyvinga på kap. 451, post 45, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3451, post 04, jf. forslag til vedtak.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 78,9 mill. kroner.
Post 05 Abonnementsinntekter og refusjoner Nødnett
Løyvinga omfattar inntektene DSB får frå abonnementsordninga i Nødnett. Vidare dekker løyvinga refusjonar for tenester og produkt som kundar av Nødnett har skaffa seg utover abonnementsordninga i Nødnett.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 10,2 mill. kroner som følgje av auka tal på brukarar av Nødnett, jf. omtale under kap. 455, post 71.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å kunne overskride løyvinga på kap. 451, post 22, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3451, post 05, jf. forslag til vedtak.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 514,2 mill. kroner.
Post 06 Refusjoner
Løyvinga på posten består av variable inntekter og refusjonar frå andre verksemder, irekna refusjonar for administrative tenester frå Valdirektoratet. Vidare består posten av variable overføringar og tilskot frå EU og EØS.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 451, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3451, post 06, jf. forslag til vedtak.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 7,4 mill. kroner.
Post 40 Salg av eiendom mv.
DSB har gjennomført eit omfattande arbeid med å avhende sivilforsvarsanlegg. Erfaringane viser at det i det vesentlege omfattar tilbakeføring av eigedommar til kommunar og grunneigarar, og at det er eit fåtal anlegg som blir selde til takst i den opne marknaden. Tilbakeføringa krev semje mellom grunneigar og staten om salssummen, noko det kan vere utfordrande å einast om. Det blir derfor foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overdra sivilforsvarsanlegg til ein verdi av inntil 500 000 kroner vederlagsfritt, eller til underpris når det er særlege grunnar til det, jf. forslag til vedtak.
I samband med avhending og stenging av sivilforsvarsanlegg blir det vidare foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 451, post 01, med inntil 75 pst. av inntektene under denne posten, jf. forslag til vedtak. Ved ev. sal i 2023 ønskjer departementet å nettobudsjettere salsutgiftene på post 40 ved sal av faste eigedommar. Det kan vere tilfellet der utgiftene til rydding og sikring er større enn salsinntektene, og det slik vil vere ei nettoutgift å avhende anlegget.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til nettoføring ved å trekkje salsutgifter ved sal av faste eigedommar frå salsinntektene, under kap. 3451, post 40, jf. forslag til vedtak.
Kap. 452 Sentral krisehåndtering
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Betegnelse | Regnskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
01 | Driftsutgifter | 25 447 | 27 548 | 27 916 |
Sum kap. 0452 | 25 447 | 27 548 | 27 916 |
Den høgast prioriterte oppgåva for Krisestøtteeininga (KSE) er å støtte ved handtering av hendingar og kriser. KSE skal støtte leiardepartementet og Kriserådet i koordineringsfunksjonane deira. Eininga er permanent sekretariat for Kriserådet. KSE er forankra organisatorisk i Justis- og beredskapsdepartementet og støttar òg oppunder Justis- og beredskapsdepartementet si samordningsrolle på samfunnstryggleiksområdet.
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten skal dekke lønns- og driftsutgifter ved KSE, medrekna husleige, vidareutvikling av og vedlikehaldskostnader for teknisk infrastruktur på både ugraderte og graderte plattformer. Løyvinga på posten skal i tillegg dekke utgiftene eininga har i samband med sentral krisehandtering, medrekna døgnkontinuerleg situasjons- og medieovervaking. Løyvinga skal òg dekke utgiftene KSE har som sekretariat for Kriserådet. Løyvinga skal dekke drifta av det sivile situasjonssenteret og drifta av avgjerds- og loggføringsverktøyet KSE-CIM på ugradert og gradert plattform.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 27,9 mill. kroner.
Kap. 453 Sivil klareringsmyndighet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Betegnelse | Regnskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
01 | Driftsutgifter | 47 645 | 47 324 | 57 829 |
Sum kap. 0453 | 47 645 | 47 324 | 57 829 |
Sivil klareringsmyndigheit (SKM) har først i 2022 byrja å få erfaring med behandling av det nye tryggingstiltaket tilgangsklarering. Samstundes har tryggleikssituasjonen i 2022 ført til at fleire verksemder enn tidlegare har fått behov for å kunne ta i mot tryggingsgradert informasjon for å sikre eigen kjerneverksemd og gjennom dette vareta samfunnskritiske funksjonar. SKM får derfor fleire oppmodingar om tryggingsklarering i 2022 enn tidlegare. Sidan det òg var usikkert når effektane av prosjektet for digitalisering av behandlinga av klareringssaker vil tre inn, vart løyvinga for 2022 auka med 5 mill. kroner til betring av SKM si behandlingskapasitet, jf. Innst. 270 S (2021–2022) og Prop. 78 S (2021–2022). Tiltaket skal bl.a. redusere risiko for innsidarar i teneste for utanlandsk etterretning og vidareførast med heilårsverknad i 2023 med 9,6 mill. kroner.
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten dekker kostnader til drift av Sivil klareringsmyndigheit, medrekna bl.a. lønnskostnader og andre personalkostnader i tillegg til kostnader til leige av lokale i Moss og til drift av IKT-løysingar. I posten inngår bl.a. utgifter til gjennomføring av tryggingssamtalar.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 9,6 mill. kroner for å auke saksbehandlinga i SKM, jf. Prop. 78 S (2021–2022) og Innst. 270 S (2021–2022).
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 57,8 mill. kroner.
Kap. 3453 Sivil klareringsmyndighet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Betegnelse | Regnskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
01 | Gebyr | 1 750 | 1 750 | |
Sum kap. 3453 | 1 750 | 1 750 |
Post 01 Gebyr
Regjeringa planlegg å fremme ein revisjon av tryggingslova seint på hausten 2022. I det høvet tek ein sikte på å innarbeide heimelsgrunnlag for gebyr på tryggingstenester, som t.d. på oppmoding om tilgangsklarering. Eit eventuelt gebyr vil innførast med verknad frå 1. juli 2023.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 1,75 mill. kroner.
Kap. 454 Redningshelikoptertjenesten
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Betegnelse | Regnskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
01 | Driftsutgifter | 631 355 | 746 729 | 893 601 |
45 | Større utstyrsanskaffelser og vedlikehold, kan overføres | 1 548 669 | 2 594 796 | 1 867 529 |
Sum kap. 0454 | 2 180 024 | 3 341 525 | 2 761 130 |
Det er inngått ein kontrakt med AgustaWestland (no Leonardo S.p.A.) om levering av 16 nye redningshelikopter, SAR Queen. Dei første helikoptera vart sette i drift 1. september 2020. Alle dei nye redningshelikoptera skal etter planen vere i drift i løpet av 2023. Det er uvisse om framdrifta bl.a. pga. høgt vedlikehaldsbehov og mangel på delar i tillegg til utfordringar i leveransane av helikoptera. Eit arbeid for å finne tilfredsstillande løysingar på dette er i gang. Gjeldande kostnadsramme for prosjektet er på 15 261 mill. 2023-kroner, jf. forslag til romartalsvedtak.
For å styrke redningsberedskapen i Nord-Noreg vart det etablert ein ny redningshelikopterbase i Tromsø med grunnlag i å leige inn sivile helikopter frå 1. juli i 2022. Den same operatøren overtok ansvaret for drifta av helikoptertenesta for Sysselmeisteren på Svalbard frå 1. april. Stortinget har bede regjeringa starte nødvendige førebuingar som sikrar at Forsvaret overtek som operatør av Tromsøbasen når kontrakten med sivil operatør går ut, jf. Innst. 393 S (2020–2021) og vedtak 983.
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten dekker kostnader til drift av den offentlege redningshelikoptertenesta og prosjektet for kjøp av nye redningshelikopter, i tillegg til ressursar til oppfølging av prosjektet. Løyvinga omfattar vidare ein tiltaksplan for Sea King-redningshelikopterflåten som skal bidra til å halde ved lag drift og god beredskap fram til dei nye redningshelikoptera er tekne i bruk. Ein ny redningshelikopterbase vart sett i drift i Tromsø 1. juli 2022. Løyvinga på posten dekker kostnader i samband med dette.
Kostnader til drift vart reduserte i samband med at Stortinget behandla Prop. 43 S (2020–2021) Endringar i statsbudsjettet 2020 under Justis- og beredskapsdepartementet, Prop. 21 S (2021–2022) Endringar i statsbudsjettet 2021 under Justis- og beredskapsdepartementet og Prop. 1 S (2021–2022). Utgiftene vil komme i seinare år. Det vil i ein overgangsperiode vere høgare kostnader til drift pga. at redningshelikopterberedskapen fører vidare både Sea King og SAR Queen. Det blir foreslått at løyvinga blir auka med 85,7 mill. kroner.
Det har over fleire år gått for seg eit program for vedlikehald og modifisering av Sea King-helikopterflåten for å sikre forsvarleg beredskap og drift fram til dei nye redningshelikoptera SAR Queen er fasa inn. Det blir foreslått å vidareføre løyvinga med 25 mill. kroner frå 2022 til 2023 i tråd med planlagd vedlikehald av Sea King-helikopterflåte.
Det blir foreslått å redusere løyvinga med 11,7 mill. kroner i samband med at det vil bli noko mindre aktivitet i prosjektet for kjøp av nye redningshelikopter.
Det vil komme auka driftsutgifter for Tromsøbasen som følgje av at kontrakten med den sivile operatøren på Florøbasen må forlengjast. Dette kjem av at innfasing av dei nye redningshelikoptera er forseinka. Den sivile operatøren vil i ein periode ha ansvaret for drifta av redningshelikopterbasane i både Tromsø og Florø og dessutan på Svalbard. Dette fører til auka utgifter til leige av helikopter og behov for auka tal på pilotar i perioden. Dei auka kostnadene i 2023 er på om lag 9,1 mill. kroner, jf. forslag om auka løyving. Vidare blir det foreslått å auke løyvinga med 52,9 mill. kroner i samband med utgifter til ein heilårig drift av basen.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 454, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3454, post 01, jf. forslag til vedtak.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 893,6 mill. kroner.
Post 45 Større utstyrsanskaffelser og vedlikehold, kan overføres
Løyvinga på posten dekker investeringar i samband med kjøp av nye redningshelikopter.
I forslaget frå regjeringa til budsjett for 2023 er det sett av til saman 1 834,5 mill. kroner til investeringar ved kjøp av nye redningshelikopter og tiltak for tilrettelegging av infrastruktur.
Bodø Lufthavn skal flyttast og det skal som følgje av dette byggast ein ny redningshelikopterbase, jf. omtale i Samferdselsdepartementet sin Prop. 1 S (2022–2023). Det blir foreslått å auke løyvinga med 33,0 mill. kroner til dette.
Det blir foreslått å redusere løyvinga med 130,7 mill. kroner i samband med eingongsutgifter til etableringa av ny redningshelikopterbase i Tromsø i 2022, jf. omtale under kap. 480, post 50.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 1 867,5 mill. kroner.
Kap. 3454 Redningshelikoptertjenesten
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Betegnelse | Regnskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
01 | Refusjoner | 28 358 | 29 095 | 29 968 |
Sum kap. 3454 | 28 358 | 29 095 | 29 968 |
Post 01 Refusjoner
Løyvinga på posten dekker refusjonar frå Helse- og omsorgsdepartementet, som kjøper ambulansetimar i redningshelikoptertenesta frå Justis- og beredskapsdepartementet. Refusjonen blir ført på kap. 3454, post 01 Refusjoner. Det blir foreslått å gi fullmakt i 2023 til å overskride løyvinga under kap. 454, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3454, post 01, jf. forslag til vedtak.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 30 mill. kroner.
Kap. 455 Redningstjenesten
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Betegnelse | Regnskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
01 | Driftsutgifter | 115 759 | 121 490 | 138 623 |
21 | Spesielle driftsutgifter | 40 284 | 30 327 | 29 928 |
45 | Større utstyrsanskaffelser og vedlikehold, kan overføres | 5 846 | 6 394 | 6 522 |
71 | Tilskudd til frivillige organisasjoner i redningstjenesten | 59 350 | 60 904 | 72 832 |
72 | Tilskudd til nød- og sikkerhetstjenester | 116 195 | 124 255 | 127 781 |
73 | Tilskudd til Redningsselskapet | 124 798 | 128 043 | 131 676 |
Sum kap. 0455 | 462 232 | 471 413 | 507 362 |
Justis- og beredskapsdepartementet har koordineringsansvar for redningstenesta, som omfattar land-, sjø- og luftredningsteneste. Hovudredningssentralen (HRS) leier og koordinerer alle typar redningsaksjonar, anten direkte frå avdelinga i Nord-Noreg eller avdelinga i Sør-Noreg. Leiing og samordning av landredningsaksjonar blir som regel delegert frå HRS til den lokale redningssentralen (LRS). LRS-ar er lokaliserte ved alle politidistrikt og hos Sysselmeisteren på Svalbard.
Regjeringa har fastsett organisering, roller og ansvar for redningstenesta i Noreg i Organisasjonsplan for redningstjenesten, jf. kgl.res. av 6. desember 2019.
Figuren viser ein klar auke i talet på redningsaksjonar i Norge frå 2001 til 2021. På 20 år har talet stige frå om lag 4 800 aksjonar i 2001 til om lag 8 100 i 2021. Så langt i 2022 har det ved utgangen av juli blitt registrert 5 031 redningsaksjonar, tilsvarande tal for 2021 var 4 783. Dette speglar ein auka fritidsbruk av naturen blant nordmenn, ein auke i turismen og liknande.
HRS har ansvaret for å koordinere og leie redningsaksjonar i Noreg. Store delar av nordområda består av hav nord for polarsirkelen. Noreg er ein leiande rednings- og beredskapsaktør i desse havområda. I dag har Noreg ansvar lenger aust mot russisk ansvarsområde enn tidlegare i tillegg til nord for Svalbard og heilt opp til polpunktet.
HRS opplever press i nord med eit utvida ansvarsområde for søk og redning, i kombinasjon med minkande sjøis, aukande sivil og militær maritim trafikk og stadig meir cruisetrafikk der sesongen startar tidlegare og sluttar seinare.
Regjeringa foreslår å auke grunnbemanninga ved HRS og foreslår å auke løyvinga med 14 mill. kroner i 2023.
Ei styrking av grunnbemanninga vil dekke behovet for å handtere det auka talet på hendingar, møte risiko knytt til klimaendringar, auka trafikk i nordområda og vil redusere risikoen for at kapasiteten til HRS ikkje blir overgått som følgje av fleire redningsaksjonar samstundes eller ei stor og kompleks hending som ikkje lar seg handtere dagens tal på redningsleiarar på vakt. Styrkinga vil òg betre samvirket i den norske redningstenesta, både med å sikre at utviklinga blir forankra i dei faktiske behova til aktørane i redningstenesta og ved betre erfaringsdeling frå hendingar og øvingar.
Dei frivillige organisasjonane er ein viktig del av redningstenesta i heile Noreg med omkring 10 000 operative mannskap over heile landet. Frivillige organisasjonar i redningstenesta trener og utrustar lokale ressursar som kan stille på kort varsel. Dei frivillige er ein ressurs som alltid har vore viktig for redningstenesta.
Dei frivillige er folk som til dagleg arbeider med noko anna og deltek i redningsoppdrag på fritida. Dei frivillige er til stades i lokalsamfunna med kunnskap, kompetanse og utstyr. Dei har ofte kort veg når alarmen går, og har verdifull lokal kunnskap.
Dei frivillige organisasjonane i redningstenesta fekk i Prop. 78 S (2021–2022), jf. Innst. 270 S (2021–2022), auka løyvinga med 10,2 mill. kroner til å dekke auka årlege abonnementskostander for nye Nødnett-terminalar. Dette blir vidareført i 2023.
Redningstenesta er i stor grad regulert gjennom ulike internasjonale konvensjonar, traktatar og samarbeidsavtalar mellom land. Gjennom tidene har det vore viktig for Noreg å ha gode rednings- og beredskapsavtalar med nabolanda våre. Noreg er bl.a. part i ein avtale om samarbeid om førebygging, beredskap og innsats i krisesituasjonar i Barentsregionen. Dei andre partane er Sverige, Finland og Russland. Som del av denne avtalen arrangerast øvinga Barents Rescue kvart tredje år. Noreg skulle arrangere øvinga i september 2022. Pga. krigen i Ukraina er øvinga utsett i to år, men med opning for å vurdere om øvinga kan gjennomførast hausten 2023.
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten dekker kostnader ved sentrale element ved redningstenesta, medrekna HRS.
Løyvinga på posten omfattar utgifter i samband med det internasjonale satellittbaserte nødpeilesystemet COSPAS-SARSAT og utgifter til Justis- og beredskapsdepartementet si nasjonale og internasjonale forplikting og engasjement innanfor redningstenesta.
Frivillige organisasjonar i redningstenesta får refundert kostnadene sine under redningsaksjonar i tråd med rundskriv fastsett av Justis- og beredskapsdepartementet over kap. 455, post 21. Dette gjeld òg kostnader for å sende ut ressursar til redningsoppdrag. Det er utvikla ei varslingsløysing som er spesielt tilrettelagd for denne typen bruk. Sidan ei varslingsteneste er driftsutgifter for HRS, bør det løyvast på 01-posten.
Det blir derfor foreslått å auke løyvinga på posten med 1,2 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon under kap. 455, post 21.
Det blir foreslått å auke løyvinga på posten med 14 mill. kroner for å auke grunnbemanninga ved HRS. Heilårsvirkninga av tiltaket er 24 mill. kroner frå 2024.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 455, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3455, post 01, jf. forslag til vedtak.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 138,6 mill. kroner.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Løyvinga på posten omfattar utgifter til å engasjere private selskap, t.d. helikopterselskap og frivillige redningsorganisasjonar i konkrete redningstilfelle, til refusjon til frivillige hjelparar for innsats i redningstenesta, til forbruk og erstatning av tapt materiell m.m. Forbruket på posten er vanskeleg å berekne, sidan utgiftene varierer med talet på og omfanget av redningsaksjonar.
Det blir foreslått å redusere løyvinga på posten med 1,2 mill. kroner mot ein tilsvarande auke under kap. 455, post 01, jf. omtale under kap. 455, post 01.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 29,9 mill. kroner.
Post 45 Større utstyrsanskaffelser og vedlikehold, kan overføres
Løyvinga på posten dekker diverse investeringar til kjøp og vedlikehald av utstyr til Hovudredningssentralen.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 6,5 mill. kroner.
Post 71 Tilskudd til frivillige organisasjoner i redningstjenesten
Løyvinga på posten dekker tilskot til Frivillige organisasjoners redningsfaglige forum (FORF) og til frivillige organisasjonar i redningstenesta som er representerte av paraplyorganisasjonen FORF. Løyvinga kan òg dekke tilskot til andre særs relevante frivillige organisasjonar innanfor redningstenesta.
Tilskota skal fremme kvaliteten i redningstenesta. Frivillige organisasjonar skal setjast betre i stand til å delta i redningsaksjonar når menneske har behov for umiddelbar hjelp frå fare for død eller skade som følgje av akutte hendingar. Tilskotsmottakaren skal gjere greie for at tilskotet er nytta til redningsfaglege tiltak, og at mottakaren har bidratt i redningsarbeid.
Ein tilskotsmottakar skal innan 1. april året etter det året tilskotet gjeld for, rapportere til Justis- og beredskapsdepartementet om korleis tilskotet har bidratt til at organisasjonen har blitt sett i betre stand til å delta i redningsaksjonar. Justis- og beredskapsdepartementet tildeler tilskot for eitt år av gongen etter ei skjønnsmessig vurdering av i kva grad formålet som det blir søkt om tilskot til, bidrar til å oppfylle formålet med tilskotsordninga.
Resultata for 2021 er i tråd med ønskt formål for tildelinga.
Posten omfattar òg premie til forsikringsordning for frivillige i redningstenesta og midlar til varetaking av sekretariatsfunksjonen til Nasjonalt redningsfagleg råd. Sekretariatsfunksjonen blir vareteken av FORF.
Løyvinga omfattar òg tilskot til dei frivillige organisasjonane i redningstenesta tilsvarande abonnementsordninga for alle brukarar av Nødnett. Dette utgjer om lag halvparten av den samla tildelinga.
Vidare dekker løyvinga på posten utgifter til dykkaropplæring av frivillige som deltek i redningsdykkarberedskap og må ha redningsdykkarsertifisering.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 10,2 mill. kroner til å dekke auka årlege abonnementskostander for nye Nødnett-terminalar til dei frivillige organisasjonane i redningstenesta, jf. Prop. 78 S (2021–2022 ), jf. Innst. 270 S (2021–2022).
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 72,8 mill. kroner.
Post 72 Tilskudd til nød- og sikkerhetstjenester
Løyvinga på posten skal bl.a. dekke tilskot til Telenor for tenesta dei utfører i samband med nød- og tryggingstenesta til Kystradioen, og til å halde ved lag 24-timars tårnteneste ved Svalbard lufthamn, i tillegg til ev. andre tilskot innanfor rednings- og beredskapsfeltet.
Telenor Kystradio (TK) leverer maritime telekommunikasjonstenester (kystradiotenesta) langs kysten av Noreg på vegne av staten og lyttar etter nødvarsel frå to bemanna kystradiostasjonar som er samlokaliserte med Hovudredningssentralen sine avdelingar på Sola og i Bodø. Under redningsoppdrag sørger kystradiostasjonane for kontakt mellom redningstenesta og den nødstadde. Kystradiotenesta er definert som ei spesiell samfunnspålagt oppgåve, jf. ekomlova § 5-3 første ledd nr. 1.
Avinor held 24 timars tårnteneste ved Svalbard lufthamn. Avinor skal levera AFIS-tenester på døgnkontinuerleg basis slik at redningshelikoptertenesta på Svalbard får lokal flygeinformasjonsteneste, alarm og redningsteneste og vêrobservasjonar (AFIS) som dei har behov for til utrykkingar.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 127,8 mill. kroner.
Post 73 Tilskudd til Redningsselskapet
Tilskotet skal bidra til å halde oppe Redningsselskapet sin innsats i redningstenesta og i arbeidet med å førebyggje ulukker. Det dekker ein del av driftsutgiftene selskapet har til søk- og redningsberedskap.
Redningsselskapet er ein landsdekkande og frivillig humanitær organisasjon. Det primære formålet er å redde liv og berge verdiar på sjøen. Organisasjonen er ein viktig beredskapsressurs og utfører søke-, rednings- og hjelpeteneste langs kysten av Noreg og i tilstøytane havområde. Organisasjonen har i dag ein flåte med redningsskøyter der om lag halvparten er bemanna av frivillige sjøredningskorps og den andre halvparten er bemanna av Redningsselskapet sitt faste mannskap og har 24 timars beredskap heile året. I tillegg har Redningsselskapet fire ambulansebåtar som dei opererer på vegne av helseføretak i Nordland.
Redningsselskapet skal òg drive opplysningsarbeid og førebyggjande arbeid for å betre tryggleiken for sjøfarande. Redningsskøytene utfører oppgåver på utkalling av Hovudredningssentralen, AMK, Kystverket, politiet og andre.
Tilskotet dekker ein del av driftskostnader selskapet har knytte til søk- og redningsaksjonar, og dessutan ein del av kostnader til beredskap. For alle endringar i stasjonering og disponering av redningsskøytene er det ein føresetnad at det er gjort i samarbeid med Hovudredningssentralen. Tilskotet kan brukast til arbeidet med opplysnings- og førebyggjande sjøtryggleiksarbeid, med særskild vekt på barn og unge. Tilskotet kan og brukast til å styrke deltakinga i beredskapen mot akutt forureining.
Redningsselskapet er ein viktig del av sjøredningstenesta i Noreg.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 131,7 mill. kroner.
Kap. 3455 Redningstjenesten
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Betegnelse | Regnskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
01 | Refusjoner | 2 081 | ||
Sum kap. 3455 | 2 081 |
Post 01 Refusjoner
Løyvinga dekker refusjonar gjennom ulike aktivitetar i redningstenesta. Det blir ikkje budsjettert med noko beløp.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 455, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3455, post 01, jf. forslag til vedtak.
Kap. 457 Nasjonal sikkerhetsmyndighet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Betegnelse | Regnskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
01 | Driftsutgifter | 347 374 | 379 005 | 429 234 |
45 | Større utstyrsanskaffelser og vedlikehold, kan overføres | 17 717 | 20 480 | 25 990 |
Sum kap. 0457 | 365 091 | 399 485 | 455 224 |
For å betre tryggleiken i kryptosystema, og særskilt halde oppe den nasjonale evna til å verne høggradert informasjon, er det under etablering eit nasjonalt kompetansemiljø for anvend kryptologi. Miljøet er bemanna i samsvar med løyvinga for 2022 som første trinn.
Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) er peika ut som det nasjonale kontaktpunktet for screening av utanlandsinvesteringar og har fått ansvar for å koordinere arbeidet på etatsnivå. NSM har omsett auka løyving i 2022 til å ha full kapasitet i screeningmekanismen innan utgangen av 2022.
I samsvar med Prop. 78 S (2021–2022), jf. Innst. 270 S (2021–2022), er evna til koordinering av handteringa av alvorlege digitale hendingar betra. Tiltak frå same proposisjon har i 2022 òg auka evna til å oppdage, verifisere og varsle om koordinerte og alvorlege dataangrep. Effekten av varslingssystem for digital infrastruktur (VDI) som «digital innbrotsalarm» er auka ved at fleire verksemder er knytte til systemet, og analysekapasiteten i NSM er betra.
Arbeidet for å digitalisere saksbehandlinga av tryggingsklarering av personar blir vidareført, men er forseinka av eksterne forhold. I 2022 er det planlagt at alle verksemder på sivil side skal kunne oppmode om tryggingsklarering i ny digital teneste.
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten skal dekke alle ordinære driftsutgifter og investeringar for NSM.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 24,3 mill. kroner til styrking av NSM si evne til å forbetre den digitale tryggleiken gjennom bl.a. betra handtering av hendingar, jf. Prop. 78 S (2021–2022) og Innst. 270 S (2021–2022).
Det blir foreslått å auke løyvinga med 18,8 mill. kroner til vidare utvikling av Varslingssystem for digital infrastruktur (VDI), jf. Prop. 78 S (2021–2022) og Innst. 270 S (2021–2022).
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 457, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3457, post 01, jf. forslag til vedtak.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 429,2 mill. kroner.
Post 45 Større utstyrsanskaffelser og vedlikehold, kan overføres
Løyvinga på posten skal dekke utgiftene i prosjektet for digitalisering av klareringsprosessen og andre oppgåver som følgjer av tryggingslova. Prosjektet er planlagt å gå over fire år med årlege løyvingar til og med 2023.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 5,1 mill. kroner til vidare utvikling av Varslingssystem for digital infrastruktur (VDI), jf. Prop. 78 S (2021–2022) og Innst. 270 S (2021–2022).
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 26 mill. kroner.
Kap. 3457 Nasjonal sikkerhetsmyndighet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Betegnelse | Regnskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
01 | Inntekter | 23 572 | 34 309 | 35 338 |
Sum kap. 3457 | 23 572 | 34 309 | 35 338 |
Post 01 Inntekter
Inntektene til Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) er i hovudsak samansett av medlemsavgifter frå næringslivet til varslingssystemet for digital infrastruktur (VDI), kurs- og konferanseavgifter og brukarbetaling ved tryggleiksgodkjenning av informasjonssystem.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 457, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3457, post 01, jf. forslag til vedtak.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 35,3 mill. kroner.
Programkategori 06.60 Andre verksemder
Utgifter under programkategori 06.60 fordelte på postgrupper
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post-gr. | Betegnelse | Regnskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 | Pst. endr. 22/23 |
01–25 | Driftsutgifter | 1 618 541 | 1 726 068 | 1 734 258 | 0,5 |
Sum kategori 06.60 | 1 618 541 | 1 726 068 | 1 734 258 | 0,5 |
Utgifter under programkategori 06.60 fordelte på kapitler
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Betegnelse | Regnskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 | Pst. endr. 22/23 |
460 | Spesialenheten for politisaker | 54 208 | 59 542 | 61 861 | 3,9 |
466 | Særskilte straffesaksutgifter m.m. | 1 188 919 | 1 255 953 | 1 279 522 | 1,9 |
467 | Norsk Lovtidend | 8 376 | 9 264 | 8 125 | -12,3 |
468 | Kommisjonen for gjenopptakelse av straffesaker | 20 284 | 19 485 | 22 864 | 17,3 |
469 | Vergemålsordningen | 346 754 | 381 824 | 361 886 | -5,2 |
Sum kategori 06.60 | 1 618 541 | 1 726 068 | 1 734 258 | 0,5 |
Innleiing
Programkategori 06.60 omfattar Spesialeininga for politisaker, særskilde straffesaksutgifter m.m. (medrekna bl.a. utgifter til advokat, tolk og sakkunnig i straffesaker), den rettsmedisinske kommisjonen, Norsk Lovtidend, kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker og verjemålsordninga.
Målet for programkategori 06.60 Andre verksemder er rettstryggleik. Alle verksemder og ordningar som ligg under denne programkategorien, bidrar til auka rettstryggleik for ulike grupper menneske i ulike delar av samfunnet.
Prioriteringar i 2023
Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker har òg i dei seinare åra hatt fleire krevjande saker til behandling, og saksbehandlingstida har auka. Det er viktig for rettstryggleiken til den enkelte at saka blir behandla innan rimeleg tid. Regjeringa foreslår derfor å styrke kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker med 3 mill. kroner.
Tolkar som tek oppdrag i domstolane og forliksråda blir kompenserte med 4/5 av den offentlege salærsatsen. Timekompensasjonen i 2022 var på 897 kroner. Kompensasjonen tolkar mottar i straffe- og sivile saker vil dermed harmonisere betre med kompensasjonen dei mottar i samband med andre offentlege oppdrag. På denne bakgrunnen blir det foreslått å redusere kompensasjonen frå 4/5 til 2/3 av den offentlege salærsatsen.
Kap. 460 Spesialenheten for politisaker
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Betegnelse | Regnskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
01 | Driftsutgifter | 54 208 | 59 542 | 61 861 |
Sum kap. 0460 | 54 208 | 59 542 | 61 861 |
Spesialeininga for politisaker skal sikre lik og rettvis behandling av saker som gjeld spørsmålet om tilsette i politiet eller påtalemakta har gjort straffbare handlingar i tenesta. Ved å behandle alle saker mot politiet eller påtalemakta med det same alvoret og like grundig som andre som blir sette under straffeforfølging, bidrar Spesialeininga for politisaker til rettstryggleik. Spesialeininga for politisaker etterforskar, avgjer påtale i og fører desse sakene for domstolane. Eininga skal sikre rettstryggleik både for den som melder, og for dei som blir melde. Spesialeininga for politisaker set òg i verk etterforsking dersom nokon døyr eller blir alvorleg skadde som følgje av tenestutøvinga til politiet eller påtalemakta, sjølv om det ikkje er mistanke om ei straffbar handling. Spesialeininga er ikkje del av politiet eller påtalemakta, men er administrativt underlagd Justis- og beredskapsdepartementet og fagleg underlagd Riksadvokaten.
Spesialeininga har mykje erfaring med overføringsverdi, og det er derfor viktig at politiet og påtalemakta bruker årsrapportane og vedtaka frå Spesialeininga til utvikling og læring. Eininga får gjennom sakene mykje kunnskap om politiet.
Spesialeininga for politisaker har i fleire år vore i ein krevjande ressurssituasjon, og saksbehandlingstida er lang. Det kjem bl.a. av at eininga har hatt fleire saker under etterforsking som har kravd mykje ressursar dei seinare åra. Saman med Riksadvokaten er det fastsett eit konkret resultatkrav om at gjennomsnittleg saksbehandlingstid skal vere innanfor 150 dagar. I 2021 var den gjennomsnittlege saksbehandlingstida for avgjorde saker 159 dagar, mot 193 dagar i 2020.
Saksbehandlingstid er viktig for tilliten til Spesialeininga. Sakene må behandlast effektivt og innanfor rimelege fristar. Sakene er ofte alvorlege (sjå boks 2.2), og det er avgjerande at det finst ressursar tilgjengeleg slik at desse sakene ikkje blir liggjande for lenge.
Frå 1. desember 2020 vart det etablert ei ordning der utvalde etterforskingsleiarar har fått delegert makt til å avgjere enkelte saker der det ikkje er grunnlag for å setje i gang etterforsking. Frå 1. november 2021 vart det etablert felles saksmottak på Hamar. Avdelinga har eigen leiar i tillegg til spesialetterforskarar, påtalefagleg etterforskingsleiarar og administrativt tilsette. Éi felles etterforskingsavdeling med leiing frå kontoret i Oslo vart òg etablert 1. november 2021. Det er venta at desse tiltaka skal bidra til å redusere saksbehandlingstida, utan at kvaliteten blir dårlegare.
Boks 2.2 Sakskomplekset i Spesialeininga for politisaker
Spesialeininga for politisaker etterforskar eit mangfald av saker, mange av dei svært alvorlege. I 2021 vart det reagert med positive påtaleavgjerder i 65 av 1 264 behandla meldingar.
Ein tenesteperson vart i 2021 tiltalt for valdtekt av to kvinner, og for å ha utnytta stillinga si for å oppnå seksuell omgang med fem kvinner.
Ein tenesteperson vart i 2021 dømd til to år og tre md. fengsel for å ha utnytta stillinga si for å oppnå seksuell omgang med tre kvinner, for rettsstridig åtferd overfor to av kvinnene, tre tilfelle av brot på tenesteplikta, og brot på våpenlova.
To tenestepersonar vart i 2021 sikta for ha gitt teiepliktige opplysningar frå arbeidet sitt til familie og kjende.
Ein tenesteperson fekk i 2021 førelegg for tenestefeil og kroppskrenking i samband med ein arrestasjon.
Ein tenesteperson fekk i 2021 førelegg for skremmande og plagsam åtferd, og for tenestefeil. Vedkommande hadde over tid kontakta ei kvinne, sjølv om ho hadde bede han om å ikkje ta kontakt.
Fleire tenestepersonar fekk i 2021 førelegg for å søke om informasjon i interne datasystem, utan at det var tenestleg grunn til dette.
I fleire saker har tenestepersonar blitt tiltalte for uforholdsmessig og ikkje nødvendig bruk av makt.
Fleire saker handla om brot på våpenlova og vegtrafikklova.
I statsbudsjettet for 2022 vart det foreslått ei permanent styrking av Spesialeininga. I samband med at Stortinget behandla Prop. 1 S Tillegg 1 (2021–2022), vart løyvinga til Spesialeininga auka ytterlegare, som i 2023 gir ein heilårsverknad på 4,9 mill. kroner.
I 2022 vart løyvinga brukt til å styrke grunnbemanninga og kompetansen i verksemda og til opplæring av tilsette i politiet. Kvaliteten på arbeidet er betra, ikkje minst ved det innleiande arbeidet med alle meldingar.
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten skal dekke driftsutgifter til Spesialeininga for politisaker som lønn, godtgjersler til advokatar på verv, husleige og andre administrative utgifter. Spesialeininga for politisaker hadde 38 årsverk per 31. desember 2021.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 1,2 mill. kroner som følgje av heilårsverknaden av løyvingsauka frå 2022.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 61,9 mill. kroner.
Kap. 466 Særskilte straffesaksutgifter m.m.
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Betegnelse | Regnskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
01 | Driftsutgifter | 1 188 919 | 1 255 953 | 1 279 522 |
Sum kap. 0466 | 1 188 919 | 1 255 953 | 1 279 522 |
Juridisk hjelp i straffesaker bidrar til god rettstryggleik for den enkelte ved å sikre at alle partar får den hjelpa dei treng, anten dei er sikta, tiltalte, fornærma eller pårørande. På denne måten kan ei rettssak gå rettvist for seg.
Lov 18. juni 2021 nr. 122 om endringer i straffeprosessloven mv. (aktiv saksstyring mv.) vart sett i kraft 1. juli 2022. Endringane skal effektivisere behandlinga av dei meir omfattande straffesakene. Fristen for å framstille pågripne personar for varetektsfengsling vart stramma inn, og det vart innført enkelte endringar som gjeld bistandsadvokatordninga. Der endringane fører til meirarbeid for forsvarar, er det gjort endringar i salærregelverket for å kompensere dette. Lovendringane vil samla sett redusere dei særskilde straffesaksutgiftene med omtrent 10 mill. kroner i 2023. Sjå òg omtale under programkategori 06.20.
Lov 12. mai 2022 nr. 28 om advokater og andre som yter rettslig bistand (advokatlova), vart vedteken av Stortinget 3. mai 2022 og sanksjonert av Kongen i statsråd 12. mai 2022. Lova inneber ei heilskapleg regulering av verksemda til advokatane og av høvet til å yte rettsleg hjelp for andre enn advokatar. Eit lettare tilgjengeleg regelverk er viktig både for advokatar og det rettssøkande publikummet. Ikraftsetjinga til lova blir fastsett ved lov, jf. advokatlova § 72, og forslag til overgangsreglar vil bli fremma for Stortinget i samanheng med ikraftsetjinga av advokatlova.
Salær til offentleg oppnemnde forsvararar, bistandsadvokatar, sakkunnige og tolkar er regulert gjennom forskrift 3. desember 1997 om salær frå det offentlege til advokatar mv. (salærforskrifta) og forskrift 12. desember 2005 om salær frå det offentlege til advokatar m.fl. etter faste satsar (stykkprissatsar) ved fri rettshjelp og i straffesaker (stykkprisforskrifta). Frå november 2021 til mai 2022 heldt Advokatforeningen ein aksjon som råka straffesaker for Høgsterett. Bakgrunnen for aksjonen var eit krav om høgare kompensasjon i saker regulert gjennom salærforskrifta og stykkprisforskrifta, i tillegg til ein rett til å forhandle direkte med regjeringa i spørsmål om økonomisk kompensasjon. Det vart i juni 2022 inngått ei ny avtale mellom departementet og Advokatforeningen om oppretting av eit salærråd, og alle sakene som vart råka av aksjonen er nå beramma. Det blir foreslått ein rettshjelpssats på 1 140 kroner i 2023.
I samband med revidert nasjonalbudsjett 2022 blei reisegodtgjeringa til aktørane som tek offentlege oppdrag auka frå 50 til 70 pst. av den offentlege rettshjelpsatsen (salærsatsen).
Det blir foreslått å redusere kompensasjonen til tolkar frå 4/5 til 2/3 av den offentlege salærsatsen frå 2023. Tiltaket vil bidra til at kompensasjonen tolkar mottar i straffe- og sivile saker harmoniserer betre med kompensasjonen dei mottar i samband med andre offentlege oppdrag. Sjå òg omtale under programkategori 06.20 og 06.70.
Den rettsmedisinske kommisjonen
Hovudoppgåva til den rettsmedisinske kommisjon (DRK) er å kvalitetssikre rettsmedisinske erklæringar og utsegner som sakkunnige gir i straffesaker, noko som er viktig for å sikre rettstryggleiken til den enkelte.
DRK får stadig tilsendt fleire erklæringar for kvalitetssikring. I 2021 tok kommisjonen både imot og behandla over 10 000 erklæringar. Om lag 48 pst. av dei innkomne erklæringane er innanfor fagområdet rettspatologi og klinisk rettsmedisin. Dei andre fagområda er toksikologi, genetikk og psykiatri.
Saksbehandlingstida går i hovudsak ned, og kommisjonen har behandla fleire erklæringar enn tidlegare.
Kommisjonen har arbeidd med alternative tiltak og arbeidsformer for å effektivisere drifta ved DRK.
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten dekker i hovudsak utgifter til juridisk hjelp i straffesaker til personar som har rett til advokathjelp i medhald av straffeprosesslova kap. 9 og 9 a. Dette er personar som har status som sikta eller tiltalte, som fornærma eller som pårørande til eller etterlatne etter fornærma i ei straffesak. Løyvinga dekker utgifter til salær og reise- og kostgodtgjersle til forsvararar, bistandsadvokatar, tolkar og sakkunnige som er oppnemnde av retten eller av kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker.
Løyvinga dekker vidare tapt arbeidsforteneste til tolkar utan salærrett og sakkunnige i straffesaker, enkelte utgifter til den rettsmedisinske kommisjon, som honorar og/eller godtgjersle og reise- og kursutgifter og dessutan salær og reise- og opphaldsutgifter til aktorar i militære straffesaker. Løyvinga dekker òg utgiftene til Justis- og beredskapsdepartementet i samband med omsetjing av rettsoppmodingar, utleveringssaker og barnebortføringssaker etter Haag-konvensjonen av 1980 og Europakonvensjonen av 1980.
Dei totale utgiftene på posten er i hovudsak avhengige av mengda straffesaker og omfanget av dei, talet på oppnemnde forsvararar eller bistandsadvokatar, bruken av tolkar og sakkunnige og nivået på den offentlege salærsatsen.
For 2023 blir det foreslått å redusere kompensasjonen til tolkar frå 4/5 til 2/3 av den offentlege salærsatsen. Det blir derfor foreslått å redusere løyvinga med 13,5 mill. kroner.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 30 mill. kroner som følgje av at reisegodtgjeringa for aktørar som tek offentlege oppdrag har auka frå 50 til 70 pst. av rettshjelpsatsen per time reise.
Det blir foreslått å redusere løyvinga med 8 mill. kroner som følgje av ny lov om valdserstatning.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 1 280 mill. kroner.
Kap. 467 Norsk Lovtidend
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Betegnelse | Regnskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
01 | Driftsutgifter | 8 376 | 9 264 | 8 125 |
Sum kap. 0467 | 8 376 | 9 264 | 8 125 |
Norsk Lovtidend sørger for at lover og reglar er tilgjengelege for allmenta, og at regelverksendringar kan bli kunngjorde raskt, noko som er eit viktig prinsipp for rettstryggleiken. Norsk Lovtidend blir publisert av stiftinga Lovdata på vegner av Justis- og beredskapsdepartementet.
Dei siste åra har det vore ein auke i talet på produserte sider i Norsk Lovtidend som følgje av pandemien. Auken gjeld kunngjeringar og publisering av lover og forskrifter, sentralt og lokalt. I 2023 er det venta at talet på produserte sider blir tilnærma eit normalår.
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten dekker utgifter til tilarbeiding av manuskript og arbeidet med den elektroniske utgåva av Norsk Lovtidend.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 8,1 mill. kroner.
Kap. 468 Kommisjonen for gjenopptakelse av straffesaker
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Betegnelse | Regnskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
01 | Driftsutgifter | 20 284 | 19 485 | 22 864 |
Sum kap. 0468 | 20 284 | 19 485 | 22 864 |
Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker er eit uavhengig forvaltningsorgan som skal behandle krav om gjenopptaking av straffesaker som er rettskraftig avgjorde i domstolane. Kommisjonen skal rettleie, greie ut og avgjere sakene. Gjennom å opne for at domfelte kan få saka si prøvd på nytt i rettssystemet, bidrar kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker til å sikre rettstryggleiken til den domfelte.
Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker skal ta stilling til om ein domfelt med rettskraftig straffedom skal få ny behandling av saka si i retten. Kommisjonen har hatt fleire krevjande saker til behandling i 2021 og 2022, og kommisjonen har fått vesentleg fleire saker til behandling enn tidlegare år. Det har kravd store ressursar og har medført at saksbehandlingstida har auka. I 2022 vart løyvinga til kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker auka med 1,4 mill. kroner som ei varig styrking. Det er behov for å styrke løyvinga ytterlegare, slik at saker blir behandla innan rimeleg tid og rettstryggleiken til individet blir vareteken. Det blir foreslått å auke løyvinga til kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker med 3 mill. kroner i 2023 som ei varig styrking.
Gjennom åra har saker som reiser tvil om den domfelte var strafferettsleg tilrekneleg, utgjort ein relativt stor del av dei sakene kommisjonen har opna. Dette er noko politiet òg må vere merksame på for evaluering og læring. Utilreknelegreglane er nyleg endra slik at ein større grad av skjønn kan bli avgjerande. Det er mogleg at dette kan generere fleire saker for kommisjonen.
Av dei totalt 178 realitetsvurderte sakene i 2021 vart 82 opna att, mot 37 året før. Av dei sakene som vart opna att, vart 31 opna som følgje av tvil om den domfelte var strafferettsleg tilrekneleg, jf. figuren under.
Nav-sakene utgjer 56 pst. av dei gjenopna sakene i 2021 og tvil om strafferettsleg tilreknelegheit utgjer 38 pst. Nav-sakene dukka opp i kommisjonen for første gong i 2020.
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten dekker driftsutgifter til medlemmene av kommisjonen, lønn til tilsette i sekretariatet og andre driftsutgifter for kommisjonen og sekretariatet. Sekretariatet hadde 12,5 årsverk per 31. desember 2021.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 3 mill. kroner slik at kommisjonen skal behandle sakene innan rimeleg tid.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 22,9 mill. kroner.
Kap. 469 Vergemålsordningen
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Betegnelse | Regnskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
01 | Driftsutgifter | 269 851 | 263 959 | 269 647 |
21 | Spesielle driftsutgifter | 76 903 | 117 865 | 92 239 |
Sum kap. 0469 | 346 754 | 381 824 | 361 886 |
Verjemålsforvaltninga sørger for rettstryggleiken til personar som treng hjelp til å handtere sine økonomiske og personlege forhold. Førstelinja i verjemålsforvaltninga er statsforvaltaren. Statens sivilrettsforvaltning (SRF) er sentral verjemålsstyresmakt og er bl.a. ansvarleg for klagebehandling og tilsyn med statsforvaltarane. Ordinære verjemål er eit frivillig velferdsgode, som byggjer på sjølvråderett. Dersom ein person motset seg det, kan ikkje statsforvaltaren opprette verjemål. Retten kan likevel unntaksvis fastsetje verjemål med fråtaking av rettsleg handleevne mot personen sin vilje, dersom strenge vilkår er oppfylte. Det er viktig at kvart enkelt verjemål er tilpassa viljen og behovet til personen, og at verjemålet ikkje blir meir omfattande enn nødvendig. Barn kan få oppnemnd verje dersom dei er utan ei fungerande verje. Statsforvaltaren har òg til oppgåve å utnemne representantar til mindreårige som kjem til Noreg utan foreldre eller andre med foreldreansvar og som søker vern (asyl), jf. utlendingslova § 98 a. Representanten skal ta vare på rettane til den mindreårige i asylsaka og trer juridisk inn i staden for foreldra og treffer alle avgjerder som faller inn under foreldre- og verjeansvaret. Som førstelinje i verjemålsforvaltninga er det statsforvaltaren som har ansvar for rekruttering, opplæring, rettleiing og tilsyn med verjene og representantane.
Per 31. desember 2021 var det registrert om lag 65 000 verjemål, og om lag 43 000 av desse var for vaksne personar. Av desse var om lag 300 personar fråtekne rettsleg handleevne. På same tidspunkt var det registrert om lag 21 700 verjemål for mindreårige. Verjemåla var fordelte på nesten 45 000 verjer, irekna representantar, mellombels verjer og foreldreverjer til mindreårige som har formue til forvaltning. Om lag 27 000 var verje for vaksne personar, og av desse var om lag 92 pst. verje for berre éin person, i hovudsak nærståande. Nærståande får som hovudregel ikkje godtgjering. Ved avslutninga av 2021 forvalta statsforvaltaren om lag 23 mrd. kroner på vegner av personar med verje.
Sjølvråderetten til personen med verje, og rolla til verja med å støtte opp under retten, er godt innarbeidd i verjemålsforvaltninga. Dette er eit resultat av ei rekkje tiltak dei seinare åra. Utviklinga med at statsforvaltaren i fleire tilfelle enn tidlegare har samtale med personen det er aktuelt å opprette verjemål for, har vore positiv. Prosentdelen saker der det blir gjennomført samtalar, er stadig aukande og var i 2021 på 48 pst. Hovudårsaka til at det ikkje blir gjennomført samtale, er at statsforvaltaren vurderer det som umogleg eller formålslaust. Justis- og beredskapsdepartementet fremma hausten 2022 forslag til endringar i verjemålslova som tek sikte på å presisere tydinga og rekkevidda av sjølvråderetten, blant anna i lys av Noregs menneskerettslege plikter. Føremålet med endringane er først og fremst å tydeleggjere alminneleg verjemål som eit frivillig støttetiltak. Departementet held fram arbeidet med ein heilskapleg gjennomgang av verjemålsordninga, sjå omtale av oppmodingsvedtak nr. 848 (2020–2021). Sjølvråderett har òg stått sentralt i opplæringa av verjer. Det er grunn til å rekne med at meir bruk av e-læringskurs har bidratt til å sikre betre og meir lik kompetanse hos verjene.
Det viktigaste tiltaket i 2021 for meir individtilpassa verjemål, har vore prosjektet Fullmaktsregister for innbyggere (FUFINN). FUFINN er ein del av eit større prosjekt i regi av SKATE1 for å lage ei heilskapleg løysing for digital fullmaktsrepresentasjon. Nye verjefullmakter som verjene etter kvart kan bruke for å utføre tenester digitalt, gir både meir individtilpassa verjemål og auka rettstryggleik for personane med verje. Ved utgangen av 2021 hadde statsforvaltarane oppretta om lag 5 000 digitale fullmakter, medrekna alle nyoppretta verjemål.
Digitalisering er sentralt for å nå målet om betre og meir effektive tenester til brukarane. I prosjektet Digitalt vergeregnskap (DIVE) er formålet å digitalisere kontrollen av verjerekneskapane. Digital innhenting av opplysningar frå Skatteetaten og finansnæringa vil gjere det mogleg å kontrollere alle verjerekneskapane. Då kan ein avdekke avvik meir effektivt. Det er inngått avtale med Skatteetaten om digital overføring av skattemeldingar, og prosjektet har god dialog med finansnæringa om overføring av bankopplysningar.
Arbeidet til verjemålsforvaltninga med å informere meir om privatrettslege alternativ til verjemål, irekna framtidsfullmakter, legalfullmakter og private fullmakter har hatt positiv effekt. Trenden med ein vesentleg auke i talet på stadfesta framtidsfullmakter som har tredd i kraft, har halde fram, frå om lag 1 000 i 2020 til om lag 1 600 i 2021. Talet på søknader som ikkje fører til nye verjemål har òg auka. Auka bruk av framtidsfullmakter, sikrar at fleire tek kontroll over eiga framtid, og bidrar til å redusere belastninga på verjemålsforvaltninga. Stadfesting av at framtidsfullmakt trer i kraft, er frivillig og ikkje nødvendig for at fullmakta skal vere gyldig.
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten dekker driftsutgifter til statsforvaltarane og SRF, som lønn og andre administrative utgifter. I tillegg skal løyvinga dekke investeringar, nødvendig konsulenthjelp, utstyr og prosjektkostnader.
Det blir foreslått ei løyving på 269,6 mill. kroner i 2023.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Løyvinga på posten dekker godtgjersle og utgiftsdekking til verjer, jf. verjemålslova § 30, og til representantar for einslege mindreårige asylsøkarar i tillegg til nødvendige utgifter til tolk, jf. utlendingslova § 98 f.
Det blir foreslått ei løyving på 92,2 mill. kroner i 2023.
Kap. 3469 Vergemålsordningen
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Betegnelse | Regnskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
01 | Vergemåls-/representantordning, ODA-godkjente utgifter | 4 407 | 4 499 | 8 550 |
Sum kap. 3469 | 4 407 | 4 499 | 8 550 |
Post 01 Vergemåls-/representantordningen, ODA-godkjente utgifter
Visse innanlandske utgifter for mottak av asylsøkarar og flyktningar kan etter OECD/DAC sitt statistikkdirektiv godkjennast som offisiell utviklingshjelp det første året asylsøkarar og flyktningar er i mottakarlandet. Tiltaka må følgje internasjonale retningslinjer for offisiell utviklingsbistand (ODA) om dei skal kunne reknast som bistand. Det er venta ei auke i talet på einslege mindreårige asylsøkarar (EMA) i 2023. Løyvinga er justert i samsvar med dette.
Det blir foreslått ei løyving på 8,6 mill. kroner i 2023.
Programkategori 06.70 Statens sivilrettsforvaltning, rettshjelp, erstatningsordningar, m.m.
Utgifter under programkategori 06.70 fordelte på postgrupper
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post-gr. | Betegnelse | Regnskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 | Pst. endr. 22/23 |
01–25 | Driftsutgifter | 705 600 | 950 283 | 943 788 | -0,7 |
70–89 | Overføringer til private | 705 189 | 687 149 | 722 526 | 5,1 |
Sum kategori 06.70 | 1 410 789 | 1 637 432 | 1 666 314 | 1,8 |
Utgifter under programkategori 06.70 fordelte på kapitler
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Betegnelse | Regnskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 | Pst. endr. 22/23 |
470 | Fri rettshjelp | 561 217 | 772 320 | 809 433 | 4,8 |
471 | Statens erstatningsansvar og Stortingets rettferdsvederlagsordning | 186 208 | 216 172 | 222 657 | 3,0 |
473 | Statens sivilrettsforvaltning | 541 874 | 480 835 | 509 109 | 5,9 |
475 | Bobehandling | 121 490 | 168 105 | 125 115 | -25,6 |
Sum kategori 06.70 | 1 410 789 | 1 637 432 | 1 666 314 | 1,8 |
Innleiing
Programkategori 06.70 omfattar utgifter til fri rettshjelp, tilskotsordninga for spesielle rettshjelpstiltak, erstatningsansvaret til staten, erstatning i samband med strafforfølging, rettferdsvederlagsordninga til Stortinget, Statens sivilrettsforvaltning, valdsoffererstatningsordninga og garantiordninga for bubehandling.
Målet for programkategori 06.70 Statens sivilrettsforvaltning, fri rettshjelp, erstatningsordningar m.m. er rettstryggleik.
Felles for dei ulike ordningane i denne programkategorien er at dei varetek rettstryggleiken til den enkelte gjennom hjelp og støtte til rettshjelp eller gjennom erstatning frå staten i visse tilfelle.
Prioriteringar i 2023
Inntektsgrensene for behovsprøvd rettshjelp vart oppjusterte med 30 pst. med verknad frå 1. januar 2022. Dette var den første oppjusteringa av grensene sidan 2009. Gjeldande grenser er 320 000 kroner for einslege og 490 000 kroner for ektefellar og sambuarar. Grensa for formue er 100 000 kroner for både einslege og par. Dei økonomiske grensene for 2022 blir førte vidare for 2023.
Kap. 470 Fri rettshjelp
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Betegnelse | Regnskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
01 | Driftsutgifter | 501 407 | 704 255 | 740 168 |
72 | Tilskudd til spesielle rettshjelptiltak | 59 810 | 68 065 | 69 265 |
Sum kap. 0470 | 561 217 | 772 320 | 809 433 |
Rettshjelpslova med forskrifter gir reglar om offentleg stønad til rettshjelp for dei som har behov for rettshjelp. Etter lova kan stønaden bli gitt i form av fritt rettsråd, fri sakførsel eller fritak for rettsgebyr. Fritt rettsråd og fri sakførsel inneber at den som har behov for rettshjelp, får hjelp frå ein advokat eller frå andre rettshjelparar. Tenesta blir heilt eller delvis betalt av det offentlege på grunnlag av rettshjelpsatsen. Statens sivilrettsforvaltning (SRF) er klageinstans for vedtak gjorde av statsforvaltarane, av fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker og av kontrollkommisjonane for psykisk helsevern. SRF etatsstyrer statsforvaltarane på rettshjelpsområdet og skal bidra til styrkt kompetanse blant statsforvaltarembeta og sikre einsarta praksis.
Fri rettshjelp blir gitt både med og utan behovsprøving. Fri rettshjelp utan behovsprøving inneber fri rettshjelp uavhengig av inntekt og formue, og blir gitt på dei saksområda som blir sett på som av særleg stor personleg eller velferdsmessig betyding, som t.d. barnevernssaker. I andre typar saker er ordninga med fri rettshjelp behovsprøvd. Personar som har krav på behovsprøvd rettshjelp, har inntekt og formue under fastsette grenser.
Utgiftene til fri rettshjelp har vore avtakande sidan 2016, både nominelt og reelt. Den reelle nedgangen i rettshjelpsutgifter frå 2016 til 2021 var på 31 pst. Årsaka til dette er samansett. Ein grunn er at dei økonomiske grensene har blitt vidareførte nominelt kvart år i perioden. Over tid har dette ført til at ein stadig mindre del av befolkninga har krav på behovsprøvd rettshjelp. Tre fjerdedelar av den totale reduksjonen i rettshjelpsutgifter kjem likevel frå saksområde der det blir innvilga fri rettshjelp uavhengig av inntekta og formuen til søkaren. Dette kjem i hovudsak av ein betydeleg nedgang i barnevernssaker og utlendingssaker i perioden. Delar av den totale nedgangen i rettshjelpsutgifter må òg sjåast i samanheng med virusutbrotet, både i tingrettane og lagmannsrettane, i fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker og på rettsrådsstadiet.
Regjeringa Solberg sette i oktober 2018 ned eit offentleg utval som skulle gjennomgå rettshjelpsordninga, jf. oppmodingsvedtak nr. 98, 4. desember 2018. Utvalet la fram utgreiinga si 30. april 2020. Utvalet foreslår ei reform av rettshjelpsordninga og ei ny lov om trygd til rettshjelp (rettshjelpslova), som er meint å avløyse den gjeldande lova om fri rettshjelp frå 1980. Utvalet foreslår bl.a. endringar i dei økonomiske vilkåra for trygd til rettshjelp og eigendelar som blir tilpassa betalingsevna til kvar enkelt. Stortinget har bede regjeringa om å fremme forslag til ny rettshjelpslov i løpet av våren 2023, jf. oppmodingsvedtak nr. 49, 2. desember 2021.
Regjeringa vil sette i gang eit pilotarbeid i form av nærtenestesenter for auka tilgang til statlege tenester. Det vil bli vurdert om ein førstelinjeteneste for rettshjelp skal inngå i eit slikt nærtenestesenter.
Justis- og beredskapsdepartementet har med heimel i rettshjelpslova § 7 tredje ledd etablert eit særleg rettshjelpstiltak utan økonomisk behovsprøving for personar som er omfatta av den feilaktige praktiseringa av trygderegelverket til Nav. Ordninga omfattar personar som feilaktig har fått vedtak om stans i, avslag på og/eller tilbakebetaling av sjukepengar, arbeidsavklaringspengar (rehabiliteringspengar/attføringspengar) og pleiepengar fordi dei frå og med 1994 har opphalde seg mellombels i eit anna EØS-land. Ordninga gjeld saker der det nye vedtaket ikkje endar med full omgjering til gunst for den det gjeld. I 2020 og 2021 fekk statsforvaltaren høvesvis 65 og 68 saker gjennom ordninga. SRF, som behandlar ev. klagar, fekk ikkje saker til behandling i 2020 og 2021. Mange søkarar får medhald i saka si hos Nav, noko som kan forklare den låge inngangen av saker.
Ny barnevernslov blir sett i verk 1. januar 2023. Den nye lova skal gi betre rettstrygging for barn og familiar, og bidra til at fleire som har behov for hjelp frå barnevernet, får riktig hjelp til rett tid, jf. Prop. 133 L (2020–2021). Endringane fører til skjerpte krav til samværsplan for barn etter omsorgsovertaking og til auka utgifter til fri rettshjelp. Fastsetjing av samvær etter omsorgsovertaking, er eit sentralt tema i fleire av sakene der Noreg er dømt i EMD for krenking av retten til familieliv. Skjerpa krav til samværsplan er ein viktig del av korleis Noreg følgjer opp desse sakene. Det er derfor foreslått å auke posten med 6,3 mill. kroner som skal dekke auka utgifter til fri rettshjelp som følgje av fleire enkeltståande lovendringar som styrker barn og rettstrygginga til foreldre. Sjå òg omtale i budsjettproposisjonane for Barne- og familiedepartementet og Kommunal- og distriktsdepartementet.
Det kjem òg fram av den nye barnevernslova at betalingsansvaret for godtgjering til sakkunnige oppnemnde av fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker og til tolk i saker for fylkesnemndene blir overført frå kommunane til staten. Det er derfor foreslått å auke posten med 18,6 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 571, post 60. Sjå òg omtale i budsjettproposisjonane for Barne- og familiedepartementet og Kommunal- og distriktsdepartementet.
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten skal dekke utgifter til advokat, sakkunnige og meddommarar m.m. i saker der det er gitt fri sakførsel etter reglane i rettshjelpslova. Fri sakførsel blir gitt i saker for domstolane og for særskilde forvaltningsorgan som fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker, kontrollkommisjonen (for psykisk helsevern), smittevernnemnda m.m. I tillegg dekker løyvinga utgifter til advokat og rettshjelp i saker der det heilt eller delvis er løyvd fritt rettsråd etter reglane i rettshjelpslova. Fritt rettsråd er juridisk rådgiving i saker som ikkje er til behandling i domstolane eller eit anna organ der det kan bli gitt fri sakførsel.
For 2023 blir det foreslått å redusere kompensasjonen til tolkar frå 4/5 til 2/3 av den offentlege salærsatsen, sjå omtale under kap. 466. Det blir derfor foreslått å redusere løyvinga med 6,5 mill. kroner.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 7 mill. kroner som følgje av at reisegodtgjeringa for aktørar som tek offentlege oppdrag har auka frå 50 til 70 pst. av rettshjelpsatsen per time reise. Sjå òg omtale under kap. 466, post 01.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 6,3 mill. kroner i samband med fleire enkeltståande lovendringar som styrker barn og rettstrygginga til foreldrer.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 18,6 mill. kroner i samband med ny barnevernslov.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 733,9 mill. kroner i 2023. Posten er regelstyrt.
Post 72 Tilskudd til spesielle rettshjelpstiltak
Justis- og beredskapsdepartementet gir tilskot til spesielle rettshjelpstiltak. Løyvinga på posten dekker tilskot for å sikre rettstryggleiksarbeid, rettshjelpsverksemd og rettspolitisk arbeid. Formålet med tilskotsordninga er å gi kostnadseffektive rettshjelpstilbod til utsette grupper og menneske som er i ein spesielt vanskeleg situasjon, og som kan oppfatte at terskelen for å oppsøke ordinær juridisk hjelp er høg. Ordninga blir forvalta av Statens sivilrettsforvaltning som fordeler heile posten etter søknad frå dei ulike tilskotsmottakarane.
Ordninga er ein viktig del av det totale tilbodet innanfor rettshjelp. Tilskotsmottakarane skal rapportere om oppnådde mål, erfaringar med tiltaka og bruken av ressursane. Måloppnåinga til tilskotsmottakarane er over år gjennomgåande god. Løyvinga har auka med 23,3 pst. frå 2017 til og med 2021.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 69,3 mill. kroner i 2023.
Kap. 3470 Fri rettshjelp
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Betegnelse | Regnskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
01 | Tilkjente saksomkostninger m.m. | 2 945 | 4 438 | 4 571 |
02 | Fri rettshjelp, ODA-godkjente utgifter | 5 391 | 5 503 | 5 668 |
Sum kap. 3470 | 8 336 | 9 941 | 10 239 |
Post 01 Tilkjente saksomkostninger m.m.
Sakskostnader som blir tilkjende staten i saker der éin eller begge partar får fri sakførsel (benefiserte saker), blir førte over til denne posten.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 4,6 mill. kroner.
Post 02 Fri rettshjelp, ODA-godkjente utgifter
Utgifter til fri rettshjelp til asylsøkarar som har fått avslag på søknad om vern, kan godkjennast som utviklingshjelp (ODA). Dette er i tråd med OECD/DAC sine presiseringar til ODA-regelverket. Sjå utdjupande omtale under kap. 3490 og i Utanriksdepartementet sin Prop. 1 S (2022–2023).
Det blir foreslått ei løyving på posten på 5,7 mill. kroner.
Kap. 471 Statens erstatningsansvar og Stortingets rettferdsvederlagsordning
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Betegnelse | Regnskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
71 | Erstatningsansvar m.m., overslagsbevilgning | 137 096 | 119 798 | 123 392 |
72 | Erstatning i anledning av straffeforfølging, overslagsbevilgning | 23 534 | 67 129 | 69 143 |
73 | Stortingets rettferdsvederlagsordning | 25 578 | 29 245 | 30 122 |
Sum kap. 0471 | 186 208 | 216 172 | 222 657 |
Post 71 Erstatningsansvar m.m., overslagsbevilgning
Kap. 471, post 71 blir belasta når staten blir dømd til, eller har inngått forlik om, å betale erstatning fordi staten er ansvarleg etter ulovfesta eller lovfesta erstatningsrettslege reglar. Posten blir òg belasta når staten betaler ut erstatning utan at det har oppstått usemje om erstatningsansvaret i desse sakene. Posten blir vidare brukt til å dekke sakskostnadene til ein motpart og til å dekke forseinkingsrenter som er tilkomne fram til éin månad etter at ein dom vart rettskraftig. Utbetaling av erstatning i kontraktsforhold kan ikkje bli belasta posten. Finst det andre budsjettpostar som dekker dei aktuelle utgiftene, skal ikkje erstatningsutbetalingane bli belasta kap. 471, post 71. Sjå elles rundskriv G-01/2017. Løyvinga på posten er regelstyrt og er ei overslagsløyving.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 123,4 mill. kroner.
Post 72 Erstatning i samband med strafforfølging, overslagsbevilgning
Ein person som har vore sikta, tiltalt eller dømd for ei straffbar handling, kan ha rett til erstatning for økonomisk tap og oppreising dersom vedkommande blir frifunnen, dersom forfølginga mot vedkommande blir innstilt, eller dersom vedkommande har vore pågripen eller fengsla i strid med sentrale menneskerettskonvensjonar. Oppreising for fridomsrøving følgjer faste satsar. Statens sivilrettsforvaltning (SRF) behandlar og avgjer krav om erstatning etter strafforfølging.
Dei fem siste åra har saksinngangen halde seg nokså stabil på omkring 1 000 saker i året. I 2021 behandla SRF færre saker samanlikna med 2020, og restansane har auka noko. Gjennomsnittleg saksbehandlingstid er redusert med ein månad samanlikna med 2020. Delen som fekk tilkjend erstatning i 2021, var 44 pst., noko som er den lågaste tilkjenningsprosenten dei siste fem åra. Utgiftene til erstatning i samband med strafforfølging varierer frå år til år. Utbetalingane er først og fremst avhengige av kva type saker som er til behandling. Mengda saker som blir behandla har mindre å seie for det totale utbetalingsnivået. SRF fekk få erstatningskrav med utgangspunkt i Nav-sakene i 2021, og har per 1. september 2022 motteke 15 krav. SRF forventar å få fleire slike krav i 2023.
Løyvinga på kap. 471, post 72, blir belasta ved dekking av erstatning i samband med strafforfølging etter straffeprosesslova kap. 31 og ved dekking av sakskostnadene til motparten etter straffeprosesslova § 438. SRF avgjer krav om erstatning i samband med strafforfølging og betaler ut ev. erstatning. Når staten blir dømd til å betale sakskostnadene til motparten etter straffeprosesslova § 438, blir utbetalinga belasta post 72. Det er politidistriktet eller påtalemakta som utøver partsstillinga på vegner av staten som betaler ut, ikkje domstolen. Forseinkingsrenter av sakskostnadene som er tilkomne fram til éin månad etter at ein dom vart rettskraftig, kan bli belasta kap. 471, post 72. Forseinkingsrenter som er komne til etter dette tidspunktet, skal bli belasta driftsbudsjettet til verksemda. Løyvinga på posten er regelstyrt og er ei overslagsløyving.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 69,1 mill. kroner.
Post 73 Stortingets rettferdsvederlagsordning
Posten dekker utbetalingar av rettferdsvederlag. Rettferdsvederlagsordninga er Stortinget si eiga ordning der enkeltpersonar som har komme særleg uheldig ut i møte med det offentlege jamført med andre på same tid, kan søke om kompensasjon etter skjønn. SRF er sekretariat for Stortinget sitt utval for rettferdsvederlag.
Talet på innkomne saker har auka med 37 pst. frå 2020. Auken har truleg samanheng med at Statens sivilrettforvaltning har sett i verk fleire tiltak for å følgje opp Stortinget sitt oppmodingsvedtak nr. 111, 26. november 2020 om å gjere rettferdsvederlagsordninga betre kjend. Det blir foreslått ei løyving på posten på 30,1 mill. kroner.
Kap. 473 Statens sivilrettsforvaltning
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Betegnelse | Regnskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
01 | Driftsutgifter | 82 703 | 77 923 | 78 505 |
70 | Erstatning til voldsofre, overslagsbevilgning | 459 171 | 402 912 | 430 604 |
Sum kap. 0473 | 541 874 | 480 835 | 509 109 |
Statens sivilrettsforvaltning (SRF) forvaltar statlege ordningar på tvers av sivil- og strafferetten, som skal sikre rettar og rettslikskap til individet og bidra til god rettspleie. SRF har kompetanse til å treffe vedtak innanfor bl.a. verjemålsområdet, fri rettshjelp, erstatning i samband med strafforfølging og saker etter valdserstatningslova. SRF etatsstyrer statsforvaltarane på områda verjemål og rettshjelp. SRF har i tillegg som oppgåve å etatsstyre Kontoret for valdsoffererstatning. SRF utøver òg sekretariatsfunksjon for erstatningsnemnda for valdsoffer, den rettsmedisinske kommisjonen, barnesakkunnig kommisjon, barnevernets tvisteløysingsnemnd, konkursrådet, kontrollutvalet for kommunikasjonskontroll, Stortinget sitt utval for rettferdsvederlag og klagenemnda for krav om erstatning og kompensasjon for psykiske belastningsskadar som følgje av deltaking i internasjonale operasjonar.
Sjå òg omtale under programkategori 06.60.
Valdsoffererstatning – Kontoret for valdsoffererstatning
Kontoret for valdsoffererstatning (KFV) behandlar søknader om valdsoffererstatning frå personar som er påførte personskade som følgje av ei straffbar valdshandling. KFV behandlar òg saker om regress mot skadevaldaren. Erstatningsnemnda for valdsoffer (ENV) behandlar klagar på vedtak om valdsoffererstatning som er gjorde i første instans. SRF utøver sekretariatsfunksjon for ENV og har delegert fullmakt til å gjere vedtak i nokre klagesaker.
Talet på nye søknader i 2021 var jamt med året før, med 4 658 nye søknader. Talet på behandla saker auka for tredje året på rad. KFV behandla om lag 7 pst. fleire saker i 2021 samanlikna med 2020. Sjølv om behaldninga av ubehandla saker vart redusert med 7,5 pst., er ho framleis betydeleg, jf. figuren under.
I 2021 gjorde KFV over 2 300 vedtak om regress mot skadevaldar, jf. figuren over. Det vart betalt inn om lag 111 mill. kroner frå skadevaldar. Det er ein auke på 26 pst. frå året før, som kjem av at regress har vore høgt prioritert av KFV, og at det fortløpande blir gjort vedtak om regress der det er høve til det. Det vart utbetalt om lag 459 mill. kroner i valdsoffererstatning i 2021. Det er ein auke på 28 pst. frå året før. Auken kjem bl.a. av lovendringa som tredde i kraft 1. juli 2021, jf. Prop. 113 L (2020–2021) Endringer i voldsoffererstatningsloven (den øvre grensen) og Lovvedtak 128 (2020–2021) Lov om endringer i voldsoffererstatningsloven (den øvre grensen). Det vart utbetalt om lag 56 mill. kroner som følgje av lovendringa. Auken kjem òg av fleire behandla saker i 2021 samanlikna med 2020, ein auke i prosentdelen innvilga søknader og at det er fleire saker der søkaren er tilkjend store beløp i dom. Delen søkarar som fekk innvilga erstatning auka frå 49,4 pst. i 2020 til 55 pst. i 2021. KFV utbetalte over 3 mill. kroner i erstatning i 22 saker i 2021, medan det til samanlikning var ni slike saker i 2020.
Saksbehandlingstida ved KFV heldt fram med å auke i 2021, jf. figur 1.4. Trass i dette behandla KFV 56 pst. av sakene innan 120 dagar. Delen saker som er ferdigbehandla innan 60 dagar, utgjer 47 pst. Hovudutfordringa er høg restanse av eldre saker. KFV har i 2021 redusert restansen av saker som er eldre enn 16 md., og framleis nedgang vil på sikt gi positiv effekt på gjennomsnittleg behandlingstid.
SRF tok imot 948 klagesaker i 2021. Det er ein nedgang på 7 pst. frå 2020. Auken på 26 pst. frå 2019 til 2020 kom bl.a. av endringar i praksis til ENV. Denne tendensen ser ut til å ha flata ut i 2021. SRF og ENV behandla til saman 895 ordinære klagesaker, og SRF gjorde vedtak i 72 pst. av dei. Saksbehandlingstida på klagesaker i ENV har halde fram å auke, frå ti til elleve månader. Dette kjem av at færre saker vart behandla etter delegert makt. Saksbehandlingstida på klagesaker i SRF held seg på fem månader. Medhaldsprosenten i 2021 var 13,8 pst. Dette tyder at vedtaka frå KFV er i tråd med praksis og av tilfredsstillande kvalitet.
Den 17. september 2021 fremma regjeringa forslag til ny lov om valdserstatning, jf. Prop. 238 L (2020–2021) Lov om erstatning fra staten til voldsutsatte (voldserstatningsloven). Lova vart vedteken med nokre justeringar i mai 2022, sjå Lovvedtak 70 (2021–2022) og Innst. 310 L (2021–2022). Den nye lova vil effektivisere valdserstatningsordninga og erstattar eit regelverk som er komplisert og vanskeleg tilgjengeleg. Lova trer i kraft frå 1. januar 2023. Dei fleste valdsoffer vil sleppe å søke KFV om erstatning, og vil i staden få utbetalt erstatning frå staten etter at straffesaka er behandla i domstolane. I dei tilfella der påtalemakta ikkje reiser tiltale, vil offer for vald framleis kunne søke om valdserstatning frå KFV.
Kontrollutvalet for kommunikasjonskontroll
Kontrollutvalet for kommunikasjonskontroll (KK-utvalet) er eit uavhengig organ som skal kontrollere at bruken av kommunikasjonskontroll i politiet, romavlytting og dataavlesing skjer innanfor ramma av lover og instruksar. Utvalet skal òg kontrollere sletting og bruk av overskotsinformasjon og vurdere meldingar og rapportar som politimeistrane sender til Riksadvokatembetet. SRF utøver sekretariatsfunksjonen for utvalet.
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten dekker ordinære driftsutgifter til SRF. Dette omfattar òg godtgjersle og reise- og kursutgifter til medlemmer av Stortinget sitt utval for rettferdsvederlag og kontrollutvalet for kommunikasjonskontroll (KK-utvalet). Løyvinga dekker i tillegg dei ordinære driftsutgiftene til KFV, driftsutgiftene til den rettsmedisinske kommisjonen (DRK), medrekna sekretariatet til kommisjonen, driftsutgiftene til sekretariatet til KK-utvalet og driftsutgiftene til sekretariatet for konkursrådet og andre utgifter til konkursrådet, medrekna godtgjersle og reiseutgifter til medlemmene av rådet. Bemanninga i SRF utgjorde om lag 69 årsverk og KFV hadde 31 årsverk per 31. desember 2021.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2022 får fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 473, post 01, mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3473, post 01, jf. forslag til vedtak.
Vidare blir det foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2022 kan nettoføre som utgiftsreduksjon på kap. 473, post 01, inntektene frå å halde kurs og konferansar i regi av konkursrådet og dessutan inntekter frå anna verksemd som rådet driv, jf. forslag til vedtak.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 78,5 mill. kroner.
Post 70 Erstatning til voldsofre, overslagsbevilgning
Løyvinga på posten dekker erstatning i saker etter valdserstatningslova. Løyvinga på posten er regelstyrt og er ei overslagsløyving.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 430,6 mill. kroner.
Kap. 3473 Statens sivilrettsforvaltning
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Betegnelse | Regnskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
01 | Diverse inntekter | 746 | 5 | 5 |
Sum kap. 3473 | 746 | 5 | 5 |
Post 01 Diverse inntekter
Inntektene på posten er refusjonar som skal dekke utgifter som den rettsmedisinske kommisjonen har i samband med kurs, og ev. andre inntekter.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 5 000 kroner.
Kap. 475 Bobehandling
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Betegnelse | Regnskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
01 | Driftsutgifter, overslagsbevilgning | 114 885 | 159 910 | 116 704 |
21 | Spesielle driftsutgifter, kan overføres | 6 605 | 8 195 | 8 411 |
Sum kap. 0475 | 121 490 | 168 105 | 125 115 |
Post 01 Driftsutgifter, overslagsbevilgning
Løyvinga på posten dekker staten sitt ansvar for utgifter til konkursbehandling i tilfelle der buet eller den som ber om konkurs (rekvirenten), ikkje dekker utgiftene. Dette er regelstyrte utgifter etter konkurslova § 73. Det blir foreslått ei løyving på posten på 116,7 mill. kroner.
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overføres
Løyvinga på posten skal dekke utgifter til Justis- og beredskapsdepartementet si særskilde garantiordning.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet under garantiordninga får fullmakt til å pådra staten forpliktingar med inntil 10 mill. kroner utover løyvinga som er gitt over kap. 475, post 21, slik at den totale ramma for nye tilsegner og gammalt ansvar ikkje overstig 33 mill. kroner, jf. forslag til vedtak.
Vidare blir det foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2023 får fullmakt til å nettoføre som utgiftsreduksjon over kap. 475, post 21, inntekter under garantiordninga som er betalte tilbake, jf. forslag til vedtak. Slik tilbakebetaling skjer når buet får inn pengar etter at tingretten har betalt ut garantibeløp til bustyraren.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 8,4 mill. kroner.
Programkategori 06.80 Svalbardbudsjettet m.m.
s
Utgifter under programkategori 06.80 fordelte på postgrupper
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post-gr. | Betegnelse | Regnskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 | Pst. endr. 22/23 |
01-25 | Driftsutgifter | 49 193 | 57 103 | 58 120 | 1,8 |
50-59 | Overføringer til andre statsregnskaper | 403 862 | 449 536 | 376 407 | -16,3 |
Sum kategori 06.80 | 453 055 | 506 639 | 434 527 | -14,2 |
Utgifter under programkategori 06.80 fordelte på kapitler
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Betegnelse | Regnskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 | Pst. endr. 22/23 |
480 | Svalbardbudsjettet | 403 862 | 449 536 | 376 407 | -16,3 |
481 | Samfunnet Jan Mayen | 49 193 | 57 103 | 58 120 | 1,8 |
Sum kategori 06.80 | 453 055 | 506 639 | 434 527 | -14,2 |
Innleiing
Programkategori 06.80 Svalbardbudsjettet m.m. omfattar tilskotet til svalbardbudsjettet (kap. 480) og løyvinga til Samfunnet Jan Mayen (kap. 481).
Justis- og beredskapsdepartementet har ansvaret for koordineringa av norsk politikk i polarområda, medrekna Svalbard og Jan Mayen.
Justis- og beredskapsdepartementet fremmar svalbardbudsjettet som ein eigen budsjettproposisjon samstundes med statsbudsjettet, Prop. 1 S (2022–2023) Svalbardbudsjettet.
Kvart år blir det gitt eit tilskot frå statsbudsjettet til å dekke underskotet på svalbardbudsjettet. For 2023 er det foreslått 581,9 mill. kroner i utgifter og 205,5 mill. kroner i inntekter på svalbardbudsjettet. Differansen på 376,5 mill. kroner dannar grunnlaget for tilskotet på Justis- og beredskapsdepartementet sitt kap. 480, post 50.
Tilskotet til svalbardbudsjettet i saldert budsjett for 2022 var 449,5 mill. kroner. I tillegg er løyvinga i 2022 auka med 8,0 mill. kroner, jf. Prop. 78 S (2021–2022) og Innst. 270 S (2021–2022).
Løyvinga er foreslått redusert samanlikna med tilskotet i saldert budsjett for 2022, bl.a. som følgje av at eingongsutgifter i samband ny sivil redningshelikopterbase i Tromsø og felles operasjon med helikoptertenesta for Sysselmeisteren ikkje blir vidareført i 2023.
I hovudsak er det den statlege administrasjonen av Svalbard som er finansiert over svalbardbudsjettet. Dette inneber bl.a. verksemd på Svalbard som er underlagd Justis- og beredskapsdepartementet og verksemd underlagd andre fagdepartement. Longyearbyen lokalstyre får òg løyvingane sine over svalbardbudsjettet.
Prop. 1 S (2022–2023) Svalbardbudsjettet gir òg ei samla oversikt over statlege løyvingar til svalbardformål som ikkje er finansierte over kap. 480, post 50. Desse utgiftene blir dekte på statsbudsjettet på kapitla til dei enkelte fagdepartementa. Forslag til løyvingar for 2023 er omtalt nærmare i Prop. 1 S (2022–2023) Svalbardbudsjettet.
Kap. 480 Svalbardbudsjettet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Betegnelse | Regnskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
50 | Tilskudd | 403 862 | 449 536 | 376 407 |
Sum kap. 0480 | 403 862 | 449 536 | 376 407 |
Måla for svalbardpolitikken
Det er lang tradisjon for brei politisk semje om hovudlinjene i svalbardpolitikken. Stortinget si behandling av Meld. St. 32 (2015–2016) Svalbard. jf. Innst. 88 S (2016–2017), reflekterte at dei overordna måla for svalbardpolitikken ligg fast:
ei konsekvent og fast handheving av suvereniteten
overhalde Svalbardtraktaten på korrekt måte og føre kontroll med at traktaten blir etterlevd
bevaring av ro og stabilitet i området
bevaring av den særeigne villmarksnaturen i området
halde oppe norske samfunn på øygruppa.
Langsiktig forvaltning av Svalbard i tråd med dei stortingsforankra måla medverkar til tryggleik for folk i Longyearbyen, og til stabilitet og ei føreseieleg utvikling i regionen. Regjeringa legg vekt på å vidareføre dei lange linjene i forvaltninga av øygruppa. Innanfor dei stortingsforankra måla vil regjeringa vidareutvikle svalbardpolitikken på ein måte som sikrar norske interesser og norsk busetjing, og som varetek ein berekraftig utvikling i Arktis.
Alle departementa har ei rolle i gjennomføringa og utforminga av svalbardpolitikken og er involverte i arbeidet med å nå måla. Polarområda er viktige politisk, noko som gjer det nødvendig å sjå verksemda til dei enkelte fagetatane i samanheng og i eit breiare perspektiv. Justis- og beredskapsdepartementet har ansvaret for å koordinere og samordne polarsaker i statsforvaltninga.
Utover måla som er fastsette av Stortinget, har Justis- og beredskapsdepartementet eit eige mål for politikken i Arktis og Antarktis: godt forvalta polarområde. Med godt forvalta polarområde meiner ein at polarområda skal forvaltast slik at samordning og styring byggjer opp under dei overordna måla for Svalbard og andre polare strøk.
Befolkning og bustad i Longyearbyen
Nedbemanninga i gruveverksemda til Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS frå 2018 har medført ei stor omstilling for Longyearbyen. Nedbemanninga har ikkje hatt særleg innverknad på talet på sysselsette eller innbyggjartalet i Longyearbyen. Samstundes er samansetninga av befolkninga i endring, med ein større del utlendingar enn tidlegare år. Longyearbyen er og skal vere eit livskraftig norsk lokalsamfunn og administrasjonssenter. Det er viktig med god balanse mellom talet på norske og talet på utanlandske statsborgarar i dette samfunnet. Regjeringa følgjer derfor med på utviklinga i Longyearbyen.
Tabell 2.10 Folketal i Longyearbyen og Ny-Ålesund, 1. januar
2014 | 2015 | 2016 | 2017 | 2018 | 2019 | 2020 | 2021 | 2022 |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
2 100 | 2 185 | 2 152 | 2 145 | 2 214 | 2 258 | 2 428 | 2 459 | 2 486 |
SSB «Befolkningen på Svalbard» https://www.ssb.no/befolkning/folketall/statistikk/befolkningen-pa-svalbard, publisert 23. august 2022.
Tal frå SSB syner at folketalet i Longyearbyen og Ny-Ålesund i det første halvåret i 2022 var på om lag 2 500 personar.
Bustadpolitikken skal bidra til å halde oppe Longyearbyen som eit norsk lokalsamfunn gjennom ei heilskapleg og effektiv forvaltning som sikrar bustader til offentleg tilsette og statleg kontroll med bustadmassen. Statsbygg Svalbard har ansvaret for statlege bygg og utbyggingar på Svalbard og for forvaltninga av ein bustadpool i Longyearbyen, som leiger ut bustader til offentleg tilsette.
Vidare er det ein føresetnad for å halde oppe norske samfunn på øygruppa at befolkninga har ein stor grad av tryggleik for liv, helse og materielle verdiar.
Dei stortingsforankra måla for svalbardpolitikken fordrar at regelverk og rammer for Svalbard og Longyearbyen blir vurderte og tilpassa etter samfunnsutviklinga. Regjeringa har sett i verk fleire endringar i regelverk i 2022. Andre regelverksendringar som omhandlar forholda på Svalbard, har vore på høyring. Endringane og forslaga til endringar legg til rette for at den langsiktige og føreseielege forvaltninga av Svalbard held fram.
Energiforsyning
Kolkraftverket som forsyner Longyearbyen med kraft og varme vart sett i drift i 1983, ber preg av den høge alderen og må om ikkje lenge erstattast av ei ny energiløysing. Stortinget har slutta seg til dei overordna rammene for etablering og drift av ny energiløysing, jf. Innst. 117 S (2021–2022). Det vidare arbeidet med ny energiforsyning blir følgt opp av Longyearbyen lokalstyre, i dialog med Olje- og energidepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet.
Longyearbyen lokalstyre har signalisert at dei også i framtida ønskjer å ha ansvaret for energiforsyninga i Longyearbyen. Dette legg grunnlaget for den vidare planlegginga, og Longyearbyen lokalstyre vil framleis ha ansvaret for energiproduksjonen i Longyearbyen ved overgangen til ei ny energiløysing. Longyearbyen lokalstyre vil vidare vere ansvarleg for å få etablert eit nytt energiverk i Longyearbyen.
Tiltak
Longyearbyen lokalstyre skal utarbeide ein energiplan for Longyearbyen innan utgangen av 2022 og overlevere han til Olje- og energidepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet. I arbeidet med energiplanen skal dei sjå på korleis overgangen til ei mest mogleg fornybar energiforsyning kan gjennomførast på ein måte som er så sikker, skånsam og kostnadseffektiv som råd. I energiplanen skal dei bl.a. gjere greie for korleis etablering av eit nytt dieselkraftverk blir sett i samanheng med energieffektivisering, lokal produksjon av fornybar energi, utprøving av nye teknologiar og drifta av Gruve 7, som forsyner dagens kraftverk med kol. Når lokalstyret har overlevert energiplanen, vil departementa og lokalstyret saman vurdere den vidare prosessen med å få på plass ei ny energiløysing.
Beredskap og skredsikring
Det har vore ei auke i talet på fartøy som seglar i farvatna ved Svalbard i 2021, samanlikna med åra før. Trenden er at den maritime aktiviteten i farvatna rundt Svalbard aukar.
Sysselmeisteren disponerer det innleigde tenestefartøyet MS «Polarsyssel», som er eit fleirbruksskip. Fartøyet er ein sentral ressurs i rednings- og beredskapssamanheng bl.a. ved fare for skipsforlis, grunnstøyting, oljeutslepp, personskadar m.m. I tillegg er fartøyet avgjerande i dei årlege inspeksjonane av Svalbard og generelt når Sysselmeisteren driv oppsyn og utøver mynde. Sysselmeisteren har kontraktoppfølging av avtalen om leige av «Polarsyssel». Avtaleperioden er 2014–2024, med moglegheit til å utløyse opsjon ut 2025. Justis- og beredskapsdepartementet fekk tidleg i 2022 ei konseptvalutgreiing om framtidig løysing for Sysselmeisteren sitt tenestefartøy på Svalbard. Departementet har på denne bakgrunnen gitt Sysselmeisteren i oppdrag å gjennomføre ein anskaffingsprosess, slik at ei framtidig løysing er på plass når dagens avtale går ut.
Sysselmeisteren disponerer to AWSAR Super Puma-redningshelikopter som er leigde inn. Helikoptera blir nytta til søk og redning på Svalbard og i nærliggjande område. I februar 2021 inngjekk Justis- og beredskapsdepartementet kontrakt med CHC Helikopter Service AS om drifta av ein ny sivil redningshelikopterbase i Tromsø og felles operasjon med helikoptertenesta for Sysselmeisteren. Ansvaret for drift av Svalbardbasen vart teke over av CHC Helikopter Service AS 1. april 2022. Sysselmeisteren har kontraktoppfølging av avtalen.
Oljeprisen har stege kraftig siste året. Dette har ført til at drivstoff for Sysselmeisteren sitt tenestefartøy og Sysselmeisteren sine helikopter har blitt tilsvarande dyrare. Sysselmeisteren har mått avpasse drifta innanfor gjeldande budsjett når det gjeld bruk av desse transportressursane. Sysselmeisteren vil i 2023 prioritere bruk av helikoptera og tenestefartøyet til beredskap, søk og redning.
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har frå 2016 gjennomført regional snøskredvarsling for regionen Nordenskiöld Land. I tillegg er det etablert lokal varsling for Longyearbyen. Universitetssenteret på Svalbard (UNIS) er samarbeidspartnar for observasjonar.
Arbeidet med skredsikring i Longyearbyen har komme langt. Sikringstiltak under fjellet Sukkertoppen består av støtteforbygningar i fjellsida og ein fangvoll nedanfor fjellet. NVE har tidlegare rekna samla kostnad for skredsikring av området under Sukkertoppen til 165 mill. kroner. Stortinget har til saman løyvd midlar som svarer til den rekna kostnaden. Den samla kostnaden til skredsikringstiltak under Sukkertoppen er no rekna til 170 mill. kroner, ein auke på 5 mill. kroner frå førre estimat. Arbeidet starta opp i 2019 og er venta ferdig i 2023. Arbeidet har vore forseinka, bl.a. som følgje av utfordringar innan geoteknikk, fundamentering og bygging av skredsikringsinstallasjonar i område med permafrost
Regjeringa foreslo i samband med Prop. 1 S Tillegg 1 Endring av Prop. 1 S (2021–2022) Statsbudsjettet 2022 å auke løyvinga på kap. 0007 Tilfeldige utgifter, post 30 Skred- og boligtiltak med 40 mill. kroner utover forslaget i Gul bok 2022. Løyvinga skal brukast til å gjennomføre sikringstiltak mot sørpeskred frå Vannledningsdalen. Tiltaket utgjer avsluttande ledd i sikringsarbeidet for sentrum av Longyearbyen, eit arbeid som vart byrja på etter snøskredet i 2015. Olje- og energidepartementet nyttar midlane. Samla kostnad for sikringstiltaket mot sørpeskred frå Vannledningsdalen er rekna til 90 mill. kroner, ein auke på 15 mill. kroner frå førre estimat.
Tiltak
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på til saman 36,1 mill. kroner med stikkordet «kan overførast». Løyvinga vil kunne nyttast av Olje- og energidepartementet gjennom ei belastningsfullmakt.
Fram til skredsikringstiltak og nye bustader er på plass, er dei viktigaste tiltaka varsling og evakuering. Den lokale varslinga blir vidareført vinteren 2022–2023. Longyearbyen lokalstyre skal etter planen overta denne varslinga når sikringstiltaka er ferdige.
Det vart innført både personkontroll og kontroll med vareførselen til og frå øygruppa i mai 2022, bl.a. for å styrke moglegheita og evna norske styresmakter har til å føre kontroll på Svalbard. I 2023 vil regjeringa prioritere å følgje opp dei nye kontrollordningane og evaluere korleis innføringa har fungert.
Post 50 Tilskudd
Løyvinga skal nyttast til å dekke underskotet på svalbardbudsjettet for å sikre at inntektene på svalbardbudsjettet er like store som utgiftene. Bortsett frå tilskotet er skattar og avgifter på Svalbard den største inntektsposten.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 376,4 mill. kroner.
Kap. 481 Samfunnet Jan Mayen
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Betegnelse | Regnskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
01 | Driftsutgifter | 49 193 | 57 103 | 58 120 |
Sum kap. 0481 | 49 193 | 57 103 | 58 120 |
Jan Mayen er ei øy i Norskehavet som vart ein del av kongeriket Noreg frå 27. februar 1930 gjennom ei eiga lov, lov om Jan Mayen. Justis- og beredskapsdepartementet har ansvaret for lova. Øya er administrert av statsforvaltaren i Nordland. Justis- og beredskapsdepartementet koordinerer drifta av og har budsjettansvaret for Samfunnet Jan Mayen. Ansvaret for infrastruktur på Jan Mayen, medrekna flystripa, er lagt til Samfunnet Jan Mayen. Samfunnet Jan Mayen er ein del av Cyberforsvaret, som er ei avdeling i Forsvaret. Meteorologisk institutt har personell for vêrobservasjon på øya. I tillegg har desse statlege verksemdene overordna ansvar for eller driftsansvar på Jan Mayen:
Politimeisteren i Nordland
Miljødirektoratet
Norsk Polarinstitutt
Riksantikvaren
Forsvarsbygg
Kongsberg Satellite Services (KSAT)
Meteorologisk institutt
Norsk nærvær på Jan Mayen blir halde ved lag. Verksemda på Jan Mayen medverkar til norsk nordområdepolitikk på fleire område, bl.a. innan meteorologi- og kommunikasjonstenester. Plasseringa gjer øya godt eigna for referansestasjonar for satellittbaserte navigasjonssystem.
Delar av verksemda på Jan Mayen er direkte knytte til oppfølging av internasjonale plikter, som drift av bakkestasjonar for EU sine satellittnavigasjonsprogram og dessutan ein seismisk målestasjon for overvaking av avtalen om prøvestans.
Hovudbygget på Jan Mayen vart oppført tidleg på 1960-talet, med ei levetid rekna til 10 år. Eit arbeid med å greie ut eit nytt hovudbygg på Jan Mayen er i gang. Forsvarsdepartementet er ansvarleg for prosjektet med nytt hovudbygg.
Forsvarsbygg har ansvar for drifta av bygga som er på Jan Mayen no. Forsvarsdepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet har bede Forsvarsbygg og Cyberforsvaret om å utarbeide ein vedlikehaldsplan for å sikre framleis norsk nærvær på Jan Mayen fram til eit nytt bygg er på plass.
Post 01 Driftsutgifter
Samfunnet Jan Mayen omfattar all felles infrastruktur på øya og personellet som driv denne. Samfunnet yter i dag tenester til Meteorologisk institutt, og det omfattar bakkestasjonane for EGNOS og Galileo, Telenor Maritim Radio og seismiske stasjonar. Justis- og beredskapsdepartementet har avtalar med dei institusjonane som har ansvaret for desse tenestene. Avtalane omfattar bl.a. arbeidsoppgåver som skal utførast av personellet på øya, og dekning av fellesutgifter. Løyvinga skal dekke utgiftene til drifta av fellesfunksjonane på Jan Mayen.
Regjeringa foreslår ei løyving på 58,1 mill. kroner på posten.
Kap. 3481 Samfunnet Jan Mayen
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Betegnelse | Regnskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
01 | Refusjoner og andre inntekter | 6 995 | 6 637 | 6 836 |
Sum kap. 3481 | 6 995 | 6 637 | 6 836 |
Post 01 Refusjoner og andre inntekter
Inntektsposten omfattar refusjonar for delar av fellesutgiftene for Samfunnet Jan Mayen. Desse blir betalte av Meteorologisk Institutt, Kongsberg Satellite Services AS, Telenor Maritim Radio og andre som kjøper tenester på Jan Mayen. Inntekter frå kioskdrifta på Jan Mayen blir òg førte på denne posten.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2023 får fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 481, post 01, mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3481, post 07, jf. forslag til vedtak.
Regjeringa foreslår ei inntektsløyving på kap. 3481, post 01 Refusjoner og andre inntekter på 6,8 mill. kroner.
Programkategori 06.90 Beskyttelse og innvandring
Utgifter under programkategori 06.90 fordelte på postgrupper
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post-gr. | Betegnelse | Regnskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 | Pst. endr. 22/23 |
01-25 | Driftsutgifter | 1 917 044 | 1 953 525 | 2 764 989 | 41,5 |
30-49 | Nybygg, anlegg m.v. | 74 484 | 119 821 | 111 018 | -7,3 |
60-69 | Overføringer til kommuner | 145 634 | 144 639 | 464 246 | 221,0 |
70-89 | Overføringer til private | 183 453 | 227 069 | 318 991 | 40,5 |
Sum kategori 06.90 | 2 320 615 | 2 445 054 | 3 659 244 | 49,7 |
Utgifter under programkategori 06.90 fordelte på kapitler
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Betegnelse | Regnskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 | Pst. endr. 22/23 |
490 | Utlendingsdirektoratet | 2 074 881 | 2 162 263 | 3 376 693 | 56,2 |
491 | Utlendingsnemnda | 245 734 | 282 791 | 282 551 | -0,1 |
Sum kategori 06.90 | 2 320 615 | 2 445 054 | 3 659 244 | 49,7 |
Innleiing
Programkategorien omfattar løyvinga til Utlendingsdirektoratet (UDI) og Utlendingsnemnda (UNE). Desse verksemdene er ansvarlege for iverksetjing av innvandringspolitikken, i samarbeid med politiet og utanrikstenesta (sjå omtale av politiet under programkategori 06.40 og utanrikstenesta under Prop. 1 S (2022–2023) for Utanriksdepartementet). Verksemdene i programkategorien har i hovudsak oppgåver som gjeld målet om kontrollert og berekraftig innvandring, og målet om rettstryggleik (sjå definisjon i del I).
UDI og UNE behandlar søknader og klagar knytte til opphald i Noreg. Dette inkluderer saker om arbeid, EØS-saker og saker etter statsborgarlova som er under ansvarsområdet til Arbeids- og inkluderingsdepartementet. UDI har òg ansvar for assistert retur, innkvartering av asylsøkarar og omsorgsansvar for einslege mindreårige som bur i asylmottak.
Søknader om opphald og statsborgarskap blir leverte til førstelinja i politiet eller ved ein utanriksstasjon. Saker der det er tvil, eller der førstelinja ikkje har makt til å gjere vedtak, blir sende til UDI for behandling. Søknader om vern (asyl) blir leverte til politiet og behandla av UDI. Klagar på vedtak blir først behandla i UDI, og dersom UDI ikkje gjer om vedtaket blir dei sende til UNE.
Prioriteringar i 2023
Retten til å søke asyl og vern frå forfølging er ein grunnleggjande menneskerett. Noreg skal vise solidaritet med, og ta vår del av ansvaret for, menneske på flukt. Krigen i Ukraina har ført til at millionar av menneske er fordrivne frå heimlandet. Dette er den største flyktningstraumen i Europa sidan 2. verdskrigen. Våren 2022 vart det derfor løyvd 5,4 mrd. kroner innanfor programkategori 06.90, og i tillegg gitt utvida overskridingsfullmakter, for å vareta personar på flukt frå Ukraina, medrekna overføring av personar på flukt i nærområda og medisinsk evakuering av pasientar og deira pårørande, jf. Prop. 78 S og Innst. 270 S (2021–2022). Ifølgje prognosane som ligg til grunn for budsjettet er det berekna at det kjem om lag 10 000 fordrivne frå Ukraina i 2023, i tillegg til 4 000 asylsøkarar frå andre land. Regjeringa foreslår ei løyving til handtering og innkvartering i tråd med prognosane, medrekna vidareføring av nødvendige mellombelse stillingar i UDI. I tillegg foreslår regjeringa å løyve 79,6 mill. koner til ein auke i administrativ kapasitet i UDI for å ha beredskap til å handtere vesentleg fleire innkomstar enn det som ligg til grunn i prognosane frå juni. Sjå nærmare omtale bl.a. under kap. 490, post 01, post 21, post 60 og post 70. I tillegg foreslår regjeringa å vidareføre ei overskridingsfullmakt på 3 mrd. kroner som gjeld innkvartering av utlendingar som søker om vern, jf. forslag til vedtak. Sjå òg Prop. 1 S (2022–2023) for Arbeids- og inkluderingsdepartementet for nærmare omtale av handteringa av fordrivne frå Ukraina.
Regjeringa meiner at talet på overføringsflyktningar til Noreg må sjåast i samanheng med talet på asylsøkarar. Krigen i Ukraina har medført ein stor auke i talet på asylsøkarar i 2022, i tillegg til dei overførte. Derfor foreslår regjeringa å redusere den ordinære kvoten for overføringsflyktningar / anna byrdedeling frå 3 000 plassar i 2022 til 2 000 plassar i 2023, sjå òg omtale under kap. 490, post 01, post 73 og post 75.
Noreg skal vere ein pådrivar for at rettane for barn på flukt blir varetekne. Saker som omfattar barn skal prioriterast høgt. Regjeringa vil jobbe for å sikre ei rask og effektiv saksbehandling som varetek rettstryggleiken og unngår å setje livet til barn og unge på vent. UDI er bede om å lyse ut eit oppdrag der oppdragstakar skal vurdere korleis omsynet til det beste for barnet er vurdert i vedtak i asylsaker frå UDI og UNE. På bakgrunn av denne gjennomgangen skal det vurderast om det er behov for endringar i regelverk eller praksis.
Noreg og dei andre Schengen-landa forbetrar for tida IKT-systema sine. Tiltaka gir betre tryggleik i Europa gjennom styrkt grensekontroll, migrasjonskontroll og politisamarbeid. Noreg vil bli betre rusta til å førebyggje, avverje og motarbeide grensekryssande kriminalitet, ulovleg migrasjon og terrorisme. UDI og UNE held fram med å gjere nødvendige tilpassingar i systema sine, men har eit redusert investeringsbehov til formålet i 2023 samanlikna med 2022, i samsvar med framdriftsplanane for prosjekta. Regjeringa foreslår å løyve 61 mill. kroner til tiltaka i UDI og UNE.
Einslege mindreårige asylsøkarar
Vedtak nr. 540, 15. mars 2018
«Stortinget ber regjeringen sørge for at det snarest etableres reelle alternativer til frihetsberøvelse av enslige mindreårige asylsøkere, som ivaretar hensynet til barnets beste.»
Justis- og beredskapsdepartementet sende 18. desember 2019 på høyring forslag til alternativ til fridomskrenking av mindreårige. I høyringsnotatet viste departementet til at det er ein klar hovudregel om at det blir nytta alternativ til internering i saker om uttransportering av einslege mindreårige, og at det har blitt ein strengare praksis for internering etter at Stortinget behandla regelverket i 2018. Departementet har derfor ikkje kunna identifisere ytterlegare tiltak for å følgje opp stortingsvedtaket. Det vart likevel sett fram nokre forslag til alternativ til fridomskrenking av mindreårige generelt.
I høyringa peika fleire av høyringsinstansane på at alternativa som blir skisserte, er få og til dels lite treffsikre overfor barn og barnefamiliar. Politidirektoratet viste til at fleire av forslaga vil ha liten praktisk betyding. Enkelte av høyringsinstansane trekte òg fram at det må vere ein føresetnad at alternativa faktisk erstattar internering, og ikkje berre kjem i tillegg.
Det er etablert ei eiga barne- og familieeining (Haraldvangen) til bruk for både barnefamiliar og einslege mindreårige, det er teke inn ei eiga føresegn i utlendingslova om internering av barn, og PU har med bistand frå barnefaglege spesialistar utarbeidd ei eiga barnefagleg rettleiing for prosessen med tvangsretur. Desse tiltaka legg til rette for at internering kan skje på ein måte som tek betre vare på barn.
Det er ein svært høg terskel for å internere barn, og det blir gjort som ein absolutt siste utveg. I åra 2019 t.o.m. 2021 har ingen einslege mindreårige vore internerte på Haraldvangen. Også i åra forut for dette har pågriping og internering sjeldan førekomme. Samstundes må det framleis vere tilgang til å internere einslege mindreårige asylsøkarar i samband med uttransportering, der dette er absolutt nødvendig. Dette er òg i samsvar med dei internasjonale forpliktingane til Noreg, irekna returdirektivet.
Gjennom arbeidet med høyringsnotatet og det etterfølgjande arbeidet har det ikkje blitt identifisert treffsikre tiltak til alternative tvangsmiddel for barn som kan tilrådast på fagleg grunnlag. I denne samanhengen er det òg naturleg å framheve at fleire av dei tiltaka ein finn i internasjonale rapportar, allereie er sjølvsagde element i norsk asylprosess. T.d. gjeld dette å tilby plass på asylmottak til asylsøkarar, tilbod om returstøtte ved assistert retur, rettleiing av asylsøkarar, moglegheit for å påleggje meldeplikt og pålegg om bestemt tilhaldsstad og beslag i reisedokument.
Regjeringa forslår at vedtaket blir oppheva, jf. forslag til vedtak.
Flyktningar frå Ukrainas naboland
Vedtak nr. 569, 24. mai 2022
«Stortinget ber regjeringen utarbeide en plan for raskt å respondere på anmodninger dersom Ukrainas naboland ber om bistand til å håndtere flyktninger med kollektiv beskyttelse. Planen bør inneholde en avtale om uttransport.»
Regjeringa meiner oppmodingar frå nabolanda til Ukraina om bistand til å handtere flyktningar er tilfredsstillande varetatt med gjeldande rutinar og etablerte samarbeid. Noreg tek del i dialog og samarbeid med styresmaktene i nabolanda til Ukraina, EU og mellomstatlege organisasjonar om humanitær bistand og tilrettelegging av annan bistand til flyktningar.
Utanriksdepartementet har ansvar for den humanitære bistanden til Ukraina og nabolanda. Denne bistanden bli kanalisert gjennom etablerte humanitære organisasjonar, som FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR), Røde Kors-systemet og norske organisasjonar, og dessutan gjennom den sivile beredskapsmekanismen i EU, UCPM.
Ein sentral arena for annan bistand er Europakommisjonens solidaritetsplattform, der EU, Schengen-assosierte land og nabolanda til Ukraina søker løysingar på dei behova landa til ei kvar tid har med omsyn til å handtera flyktningstraumen til sine land. Konkrete behov for logistikk, materiell og personell blir fremma gjennom EUs sivile krisemekanisme (UCPM), som Noreg òg er ein del av. Europakommisjonen har vidare beredskapsplanar for å handtere eventuelt nye masseinnkomstar av flyktningar mot Europa. I ein slik situasjon er det naturleg at òg Noreg vurderer korleis vi best kan bidra for å hjelpe dei landa som er mest råka.
Dersom nabolanda til Ukraina vil be om bistand til å handtere flyktningar, er det naturleg at desse blir fremma innanfor ramma av nemnde samarbeidsplattformer. Alternativt kan oppmodingar bli fremma bilateralt, slik Moldova gjorde til bl.a. Noreg. Moldova er det einaste landet som har fremma oppmoding overfor Noreg om overføring av flyktningar. Noreg har ikkje motteke bilaterale oppmodingar frå andre av Ukraina sine naboland. Dersom slike oppmodingar blir mottekne vil dei bli vurdert, og svart på, slik det vart gjort med oppmodinga frå Moldova. Det tok knapt to og ei halv veke frå oppmodinga frå Moldova vart motteken 28. februar 2022 til Noreg vedtok bidraget sitt 17. mars 2022. Behandlingstida i departementet vart bl.a. brukt til å undersøke andre land sin posisjon, status for felles europeiske prosedyrar og politiske avgjerdsprosessar. Gitt behovet for avklaringar fagleg og politisk, er det vanskeleg å sjå at ein plan vil bidra til å forkorte responstida ytterlegare.
Noreg har ein tilbaketakingsavtale (returavtale) med Ukraina som vart inngått 1. september 2011. Denne gjeld framleis, og vi føresett at Ukraina overheld sine forpliktingar i denne.
Kap. 490 Utlendingsdirektoratet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Betegnelse | Regnskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
01 | Driftsutgifter | 1 134 496 | 1 130 192 | 1 200 086 |
21 | Spesielle driftsutgifter, asylmottak | 522 671 | 515 307 | 1 253 819 |
22 | Spesielle driftsutgifter, tolk og oversettelse | 8 348 | 18 735 | 21 862 |
23 | Spesielle driftsutgifter, kunnskapsutvikling, kan overføres | 5 795 | 6 500 | 6 671 |
30 | Ombygginger, ankomstsenter for asylregistrering og mottak, kan overføres | 15 456 | ||
45 | Større utstyrsanskaffelser og vedlikehold, kan overføres | 59 028 | 119 821 | 37 783 |
46 | Investeringer i Schengen IKT-systemer, kan overføres | 73 235 | ||
60 | Tilskudd til vertskommuner for asylmottak | 145 634 | 144 639 | 464 246 |
70 | Stønader til beboere i asylmottak | 55 381 | 49 832 | 151 810 |
71 | Tilskudd til aktivitetstilbud for barn i asylmottak, og veiledning for au pairer | 8 450 | 8 700 | 8 947 |
72 | Assistert retur og reintegrering i hjemlandet, kan overføres | 35 810 | 29 336 | 25 316 |
73 | Beskyttelse til flyktninger utenfor Norge mv., støttetiltak | 19 991 | 28 078 | 19 903 |
74 | Internasjonale forpliktelser, kontingenter mv., kan overføres | 42 809 | 49 565 | 56 198 |
75 | Reiseutgifter for flyktninger til og fra utlandet, kan overføres | 21 012 | 39 558 | 30 293 |
76 | Internasjonalt migrasjonsarbeid, kan overføres | 22 000 | 26 524 | |
Sum kap. 0490 | 2 074 881 | 2 162 263 | 3 376 693 |
Innleiing
Hovudoppgåvene til UDI er å behandle søknader etter utlendingslova og statsborgarlova, å forvalte innkvarteringstilbodet til asylsøkarar, å leggje til rette for retur av personar utan lovleg opphald og å gjennomføre uttak av overføringsflyktningar og ev. anna byrdedeling. UDI skal vidare gi fagleg baserte bidrag til utviklinga av regelverk og politikk på innvandringsfeltet. UDI har òg ansvar for å drifte og forvalte fellesløysingar for IKT i utlendingsforvaltninga. UDI skal jobbe for å sikre ei rask og effektiv saksbehandling som varetek rettstryggleiken og unngår å setje livet til barn og unge på vent.
Behandling av saker
Utgifter til saksbehandling er førte over kap. 490, post 01 og post 22.
Covid-19-pandemien førte til færre søknader om vern og anna opphald i 2020 og 2021. Samstundes kom det inn langt fleire søknader om statsborgarskap enn tidlegare (særleg i 2021), som følgje av at det frå januar 2020 er opna for at personar kan ha dobbelt statsborgarskap. Innkomsten av saker og klagar til UDI har derfor auka frå om lag 86 300 i 2020 til om lag 113 000 i 2021. I det første halvåret av 2022 har det komme inn endå fleire saker og klagar, rundt 82 800 til saman. Pandemien og smitteverntiltaka førte til utfordringar med behandlinga av saker. Politiet som førstelinje hadde avgrensa kapasitet, og innreiseregelverket vart stadig endra. Dette førte til eit stort behov for brukarrettleiing i UDI. Vidare vart det særleg i 2021 nytta mykje ressursar til tilpassing til stadige endringar i innreiserestriksjonane og handtering av ordningane for karantenehotell og kjærastebesøk. Som figuren under viser, var det nesten 63 000 ubehandla saker og klagar i UDI ved utgangen av 2021, og nesten 72 000 per 30. juni 2022. Restansane i UDI er no på eit historisk høgt nivå.
Krigen i Ukraina har ført til mange søknader om vern i 2022. Handteringa har kravd mykje ressursar frå store deler av UDI sin organisasjon, og situasjonen har påverka saksbehandlinga i UDI. Saksbehandlingstida og restansane har auka for fleire av sakstypane i 2022, men UDI har i det første halvåret behandla 73 700 saker og klagar, samanlikna med 42 800 i det første halvåret av 2021.
Saker om vern (asyl)
Asylsøkarar som kjem til Noreg, blir registrerte av politiet og får søknaden sin behandla av UDI. Vanlegvis skal dei fleste asylsøkarane bli innkvarterte på Nasjonalt ankomstsenter i den første fasen samstundes som dei får behandla søknaden om vern. Dei høge innkomstane av fordrivne frå Ukraina i 2022 gjorde at politiet desentraliserte og oppretta fleire registreringsstader rundt om i landet, og at asylsøkarane òg i den innleiande fasen vart innkvarterte på andre stader enn Nasjonalt ankomstsenter.
Dei som får innvilga vern, får som hovudregel eit mellombels opphaldsløyve på tre år, som så må bli fornya. Dei fleste som får innvilga vern, får løyve som gir grunnlag for å søke om permanent opphald og deretter statsborgarskap. Fordrivne frå Ukraina i 2022 får opphaldsløyve i eitt år etter føresegna om mellombels kollektivt vern. Dei som ikkje fell inn under ordninga med mellombels kollektivt vern, kan søke om vern med ordinær saksbehandling.
Figuren under viser dei store svingingane i innkomne og behandla asylsaker frå 2015 til juni 2022. Det høge talet på vedtak i 2022 kjem av at UDI fekk til ei automatiseringsløysing for behandling av søknader frå ukrainarar som vart behandla etter føresegna om mellombels kollektivt vern. Dei fleste ukrainarane fekk svar på søknaden sin innan tre veker frå søknadsdatoen.
Boks 2.3 Mellombels kollektivt vern
Regjeringa innførte 11. mars d.å. ei ordning med mellombels kollektivt vern for personar som er fordrivne frå Ukraina, med heimel i utlendingslova § 34, jf. utlendingsforskrifta § 7-5a. Ordninga inneber eit unntak frå utgangspunktet om at ein søknad om vern skal vurderast individuelt, då ho opnar for å gi vern etter ei gruppevurdering. Opphald gis for eitt år og kan fornyast eller forlengjast i inntil tre år. Opphaldsløyvet dannar ikkje grunnlag for permanent opphald, men det gir rett til familiegjensameining og rett til å arbeide. Bakgrunnen for dei særlege føresegnene om forenkla saksbehandling er behovet for effektivitet i ein situasjon der det kjem svært mange asylsøkarar på kort tid, at behovet for vern er mellombels, og at personar som har fått innvilga mellombels kollektivt vern skal returnere når situasjonen i opphavslandet tilseier det. Det er Kongen i statsråd som avgjer når ordninga ikkje lenger gjeld.
I budsjettet for 2023 er det lagt til grunn 14 000 asylsøkarar. Av desse er 10 000 fordrivne frå Ukraina. Det er alltid stor uvisse om talet på asylsøkarar, noko situasjonen som følgje av krigen i Ukraina har vist.
UDI skal sikre at det beste for barnet er eit grunnleggjande omsyn i behandlinga av alle asylsaker som gjeld barn. UDI skal prioritere einslege, mindreårige asylsøkarar i alle ledd i saksbehandlinga. Gitt prognosen på 14 000 saker, er det forventa at UDI skal behandle omtrent 15 000 asylsaker i 2023, og det er eit mål at 70 pst. av asylsakene skal bli behandla innan 21 dagar. Med tilleggsløyvinga for å kunne handtere fleire fordrivne frå Ukraina, blir det lagt til rette for at UDI kan behandle fleire saker om kollektivt vern. I 2022 har den innleiande asylfasen blitt svært annleis pga. dei høge innkomstane av ukrainarar og at dei fleste av desse har fått vedtak om mellombels kollektivt vern.
Saker om opphald og statsborgarskap
Søknader om statsborgarskap, visum og opphald på anna grunnlag enn vern blir leverte til politiet eller til ein utanriksstasjon. Søkarar med innvilga sak får eit førstegongsløyve som er mellombels og må fornyast. Fleire av løyva gir grunnlag for å søke om permanent opphald og seinare statsborgarskap. Visum blir gitt for 90 dagar og kan ikkje fornyast. UDI gjer vedtak i alle typar saker, men politiet og utanriksstasjonane har makt til å gjere vedtak i enkelte saker. Figuren under viser utvikling i innkomne saker og saksbehandling i UDI frå 2018 til juni 2022.
I 2021 er det auken i søknader om statsborgarskap som gjer at talet på innkomne saker til UDI er såpass høgt. Auken heng saman med lovendringa som opna for dobbelt statsborgarskap frå januar 2020. Covid-19-pandemien førte til lågare innkomst av saker om opphald i store delar av 2020 og 2021, bl.a. pga. stengde publikumsmottak og reiserestriksjonar. Samstundes auka behovet for brukarrettleiing, og talet på brukarførespurnader til UDI auka med 32 pst., tilsvarande 100 000 førespurnader, frå 2018 til 2021. I det første halvåret av 2022 har det vore over 217 000 brukarførespurnader.
Figuren under viser at UDI i 2021 behandla fleire saker enn dei har gjort dei siste åra, noko som heng saman med at om lag 35 pst. av sakene om statsborgarskap vart behandla heilautomatisk. Samla har UDI i 2021 og så langt i 2022 likevel behandla færre saker om opphald enn det som har komme inn, og restansane har auka. Meirarbeid i UDI pga. pandemien i 2020 og 2021 og meirarbeid pga. dei høge innkomstane av fordrivne frå Ukraina i 2022, har påverka behandlinga av saker i UDI.
I 2021 har saksbehandlingstida auka for dei fleste sakstypar utanom statsborgarskap, der saksbehandlingstida har blitt redusert. Reduksjonen heng saman med automatiseringa. I det første halvåret av 2022 har median saksbehandlingstid for statsborgarskapssaker gått ytterlegare ned. Figuren under viser utviklinga i median saksbehandlingstid for dei ulike sakstypane frå sakane er teke imot i utlendingsforvaltninga til første vedtak i UDI.
Talet på innkomne saker til UDI avheng av nye søknader og av kapasiteten i førstelinja i politiet og utanrikstenesta. Samla blir det forventa 212 000 søknader om opphald og statsborgarskap til førstelinja i 2023, og det blir forventa at UDI vil få om lag 103 500 søknader. Det går òg for seg ei utgreiing av måtar å organisere og effektivisere saksbehandlinga av visum- og opphaldssaker i førstelinja i utanrikstenesta.
Saker om tilbakekall og utvising
Politiet og UDI opprettar sjølv saker om utvising og tilbakekall av løyve. Det blir oppretta sak om utvising dersom ein utlending bryt norsk lov, og oppretta sak om tilbakekall når det er mistanke om at løyvet er gitt basert på urette opplysningar, at søkaren har heldt tilbake vesentleg informasjon, eller at grunnlaget for løyvet er falle bort. I saker som involverer barn, skal omsynet til kva som er best for barnet, vurderast særskilt. Departementet sette våren 2021 ned ei arbeidsgruppe som såg nærmare på terskelen for utvising i saker som involverer barn. Rapporten vart overlevert i februar i år. Departementet arbeider med oppfølginga av rapporten. Ordninga med fri rettshjelp til barn der ein forelder blir utvist pga. brot på utlendingslova, vart utvida i 2022. Endringa inneber at det blir gitt inntil fem ekstra timar fritt rettsråd for kvart barn som risikerer at ein av foreldra blir utviste. Tiltaket betrar rettstryggleiken og bidrar til å vareta interessene til desse barna.
UDI behandla i 2021 i underkant av 3 000 saker og klagar om utvising. Talet for 2020 var om lag 4 100. I 2021 vart 1 210 personar utviste frå Noreg. Over 60 pst. av utvisingane var med årsak i brot på utlendingslova. Ein mindre del av desse sakene gjeld barn. Dei fleste sakene der det blir spørsmål om utvising av foreldre med barn i Noreg, ender det med at det ikkje blir fatta vedtak om utvising. Sjå òg arbeidsgrupperapport om Terskelen for utvisning i saker som berører barn.
Betre ID-arbeid har ført til at utlendingsstyresmaktene har avdekt at fleire personar har opphaldsløyve basert på feil identitet eller på andre urette opplysningar, noko som gir grunnlag for å kalle tilbake opphaldsløyvet. Samstundes kan ein kalle tilbake flyktningstatus og opphaldsløyve når det ikkje lenger er behov for vern. Opphaldsløyve kan òg kallast tilbake når opphaldsgrunnlaget elles ikkje lenger er til stades.
I 2021 vart det oppretta kring 1 800 tilbakekallssaker, og UDI behandla ca. 1 500 slike saker. I tillegg kjem innkomne og behandla klagesaker. I 2021 fekk til saman rundt 860 personar trekt tilbake eit løyve i vedtak fatta i UDI. Om lag 30 pst. av løyva som vart kalla tilbake i 2021, var knytte til feil eller urette opplysningar, og rundt 7 pst. var knytte til betra forhold i heimlandet. Dei resterande gjeld i hovudsak at vilkåra for løyvet ikkje lenger er oppfylte. Fleire av dei som får eit løyve kalla tilbake, får eit nytt løyve på anna grunnlag. UDI kan elles leggje vekk oppretta tilbakekallssaker der forvaltningslova sine krav til saksbehandlingstid er brotne, eller der barn i ein familie mest sannsynleg fyller vilkåra for eit nytt opphaldsløyve.
Det er sidan 2020 gitt auka løyve til å byggje ned restansar og for å styrke rettsvernet i saker om tilbakekall av statsborgarskap. UDI behandla i 2021 totalt 275 saker og klagar om tilbakekall etter statsborgarlova. Det var 20 fleire vedtak enn i 2020. Likevel har restansane for denne porteføljen auka med 100 saker i 2021, til kring 1 100 ved utgangen av året, og 1 200 per 30. juni 2022.
Asylmottak
Alle utlendingar som søker om vern, har rett til innkvartering i asylmottak. Det blir gitt tilbod om plass i mottak fram til retur eller busetjing. Mottakstilbodet er differensiert etter behova til utlendingsforvaltninga og mottaksbebuarane, bl.a. med Nasjonalt ankomstsenter, transittmottak, ordinære mottak, mottak for einslege mindreårige mellom 15 og 18 år, integreringsmottak og mottak for bebuarar med særskilde behov. Aktivitetar i mottaka vil vere retta både mot retur og mot integrering.
UDI har omsorgsansvaret for einslege mindreårige som bur i asylmottak. I 2022 vart det innført ei tilsynsordning, der statsforvaltaren fører tilsyn med omsorga for einslege mindreårige som bur i asylmottak. Omsorgsansvaret for einslege mindreårige under 15 år ligg under Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) (sjå omtale i Prop. 1 S (2022–2023) for Barne- og familiedepartementet).
Utgifter til asylmottak er førte over høvesvis kap. 490, post 01 og 21. Det er ført utgifter til tilskot til vertskommunar for asylmottak over kap. 490, post 60, og utgifter til stønader til bebuarar i mottak over kap. 490, post 70. I tillegg blir det gitt tilskot for aktivitetar for barn i mottak over kap. 490, post 71.
Talet på bebuarar i asylmottak er i hovudsak avhengig av talet på asylsøkarar, men òg saksbehandlingstid, kapasitet til å busetje og moglegheit for returar. Talet på bebuarar har variert frå å vere rekordhøgt ved utgangen av 2015 til å vere svært lågt i 2020 og 2021, til å igjen vere høgt per juni 2022, jf. figuren under. Talet på bebuarar i mottak auka vesentleg det første halvåret i 2022, og per 30. juni var det om lag 8 000 bebuarar i asylmottak. Dei fordrivne frå Ukraina har budd vesentleg kortare tid i mottak samanlikna med asylsøkarar frå andre land, pga. raskare saksbehandling som følgje av føresegna om kollektivt vern og hurtigprosedyrar for busetjing. Fordrivne ukrainarar har i tillegg i større grad budd privat enn andre grupper som ber om vern.
UDI har dei seinare åra tilpassa kapasiteten i mottaka til færre bebuarar pga. at det har vore færre asylsøkarar, sjå utvikling i figuren under. Ved utgangen av 2021 var det til saman 31 ulike avdelingar i asylmottak i drift. Som følgje av innkomstane av fordrivne frå Ukraina vart det oppretta fleire nye asylmottak i perioden februar/mars–juni 2022. Ved utgangen av juni 2022 var 120 avdelingar i asylmottak i drift, med ein samla kapasitet på 22 900 plassar.
Det er alltid uvisse om asyltilstrøyminga til Noreg, og dette gjer det utfordrande å planleggje mottakskapasiteten. Tilpassing av kapasiteten til behovet gir reduserte offentlege utgifter i ein situasjon med få asylsøkarar. Samstundes gir færre mottaksplassar redusert kapasitet til å handtere rask og uventa auke i talet på asylsøkarar. UDI må derfor ha ein basiskapasitet sjølv i situasjonar med låge tal på asylsøkarar, dvs. eit minimum av plassar i operative mottak, som er tilstrekkeleg til å halde ved lag marknaden for mottaksplassar og med moglegheit for å skalere opp raskt. Regjeringa planlegg for ein basiskapasitet på 2 720 plassar i 2023, i tillegg til Nasjonalt ankomstsenter. Sjå òg omtale under kap. 490, post 21 og post 60.
Overføringsflyktningar og anna byrdedeling
Noreg tek imot overføringsflyktningar innanfor ein årleg kvote. Overføringsflyktningar er personar som FN sin høgkommissær for flyktningar (UNHCR) har slått fast at treng vern. Plassane på kvoten kan òg nyttast til annan type byrdedeling.
Justis- og beredskapsdepartementet fastset kven som skal prioriterast på kvoten i samråd med Utanriksdepartementet og Arbeids- og inkluderingsdepartementet etter forslag frå UDI og Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi), som igjen byggjer på forslag frå UNHCR og innspel frå norske frivillige organisasjonar. UDI har ansvar for å gjennomføre uttak av overføringsflyktningar i tråd med føringar frå Justis- og beredskapsdepartementet. Som hovudregel deltek òg IMDi og politiet i uttaka av overføringsflyktningane. Når overføringsflyktningane kjem til Noreg, skal dei som hovudregel bli busette direkte i ein kommune, sjå omtale i Prop. 1 S (2022–2023) for Arbeids- og inkluderingsdepartementet.
Utgifter som gjeld uttak av overføringsflyktningar og ev. anna byrdedeling, blir førte over kap. 490, post 01, 73 og 75. Nokre gonger er det behov for at flyktningar, ev. relokaliserte asylsøkarar, som blir overførte til Noreg, bur i mottak, og då tilkjem òg utgifter over kap. 490, post 21, 60 og 70. Det blir òg ført utgifter til politiet og IMDi sitt arbeid med uttak under kap. 440, post 01, og kap. 670, post 01, og dessutan utgifter til busetjing og integrering over kap. 671, post 60 og 61, og kap. 672, post 60. Sjå omtale i Prop. 1 S (2022–2023) for Arbeids- og inkluderingsdepartementet.
Figuren under viser talet på vedtak om overføring og det faktiske talet på innkomne overføringsflyktningar til Noreg i åra 2015–2022 (per utgangen av juni).
I 2021 var det 3 608 plassar på kvoten, inkludert 608 plassar som vart overførte frå 2020. Heile kvoten vart fylt i 2021. Av dei 3 608 var om lag 900 afghanarar som vart evakuerte i samband med Taliban si maktovertaking i landet, og 51 var relokaliserte asylsøkarar frå Hellas.
Kvoten for 2022 er på 3 000 plassar. Regjeringa vil bidra til EUs relokaliseringsordning, og vi tek sikte på å relokalisere til saman 200 asylsøkarar i 2022 og 2023. Desse blir rekna på kvoten. Regjeringa planlegg å redusere kvoten til 2 000 plassar i 2023 pga. krigen i Ukraina. Sjå òg omtale under prioriteringar for 2023.
Assistert retur
Dei som får endeleg avslag på ein søknad om vern eller anna opphald, har ei plikt til å forlate landet, normalt innan tre veker. Vedkommande skal rette seg etter dette ved å returnere til heimlandet innan fristen anten på eiga hand (sjølvorganisert retur) eller ved å søke om assistert retur med hjelp frå norske styresmakter. Dersom dette ikkje blir gjort, blir vedkommande transportert ut av politiet, sjå nærmare omtale under programkategori 06.40.
Dei som fyller vilkåra for assistert retur, får hjelp med å skaffe reisedokument, flybillettar m.m., og dei får tilskot til reise og reintegrering. Utgifter til administrasjon av assistert retur er førte over kap. 490, post 01, og utgifter til tilskot til retur er førte over kap. 490, post 72.
Målgruppa for retur har blitt mindre dei siste åra. Hovudsakleg fordi det har komme få asylsøkarar til Noreg, og delen som får innvilga opphald er høg (87 pst. i 2021). Det er òg grunn til å tru at ein konsekvent returpolitikk har gitt resultat, og at færre oppheld seg utan lovleg opphald i Noreg. Talet på assisterte returar har òg gått ned. Det har blitt meir utfordrande for UDI å motivere personane til å velje assistert retur fordi ein stor del av dei utreisepliktige i Noreg har anten opphalde seg i landet over lang tid, har familie med opphald i Noreg eller har særskilde behov som gjer returarbeidet vanskelegare.
I løpet av 2021 valde 127 personar assistert retur, same tal som i 2020. Denne tendensen held fram i 2022, per utgangen av juni 2022 har 37 personar reist heim assistert.
I 2022 har det komme vesentleg fleire asylsøkarar til Noreg, men dei fleste av desse er fordrivne frå Ukraina. Det er framleis stor uvisse kring korleis situasjonen i Ukraina vil utvikle seg framover, og derfor òg om og korleis dette vil påverke returarbeidet i 2023 og framover.
Det er ikkje berre talet på returar som er viktig, men òg kven som reiser. Nokre utreisepliktige personar utløyser store kostnader for samfunnet. Dette gjeld t.d. personar som bur i særskilde butilbod, tilrettelagde avdelingar i mottak og i fengsel. UDI og Politiets utlendingseining (PU) og spesialutsendingar ved norske utanriksstasjonar samarbeider tett for å få til returar av denne gruppa. I 2021 returnerte ni personar, assistert eller med tvang, frå slike spesielle butilbod. Tilsvarande tal for 2020 var 12.
I 2023 forventar ein 170 assisterte returar.
Implementering av Schengen IKT-system
Schengen-landa er i gang med å utvikle og ta i bruk nye IT-system og arbeidsmetodar for å styrke behandlinga av den felles yttergrensa og tryggleiken på Schengen-området. Innføring av systema krev til dels store endringar i IKT-systema til politiet og UDI i perioden 2022–2024/2025, og etter kvart endring i arbeidsprosessar. Implementering av systema vil leggje til rette for auka informasjonstilgang til og frå utlandet, og Noreg vil bli betre rusta til å førebyggje, avverje og motarbeide grensekryssande kriminalitet, ulovleg migrasjon og terrorisme.
Systema som skal oppdaterast/implementerast er informasjonsdelingsplattforma Schengen Information System (SIS), visumregisteret Visa Information System (VIS), fingeravtrykkregisteret Europeisk Daktyloskopisk Register (Eurodac) og den systemoverbyggande løysinga og søkeportalen Interoperabilitet (IO). Det går òg føre seg arbeid med implementering av inn- og utreisesystemet Entry-Exit System (EES) og framreisesystemet European Travel Information Authorisation System (ETIAS). EES og ETIAS fekk løyving i 2022-budsjettet og er i ein avsluttande fase, så dei blir ikkje omtala nærmare.
Prosjekt for å implementere SIS, VIS, Eurodac og IO i UDI fekk løyving i 2022-budsjettet, og det vart vedteke ei styringsramme på 206,7 mill. 2022-kroner i perioden 2022–2024 og ei kostnadsramme på 237,3 mill. 2022-kroner, i tråd med anbefaling frå ekstern kvalitetssikrar (KS2). Våren 2022 har det blitt gjennomført ei ny ekstern kvalitetssikring med oppdaterte basisestimat og som har sett prosjekta i UDI og politiet i samanheng. I tråd med kvalitetssikrar si anbefaling blir det foreslått ei samla kostnadsramme for prosjekta i politiet (kap. 440) og UDI (kap. 490) på 2 187 mill. kroner for perioden 2022–2025, sjå og omtale under kap. 440. Den eksterne kvalitetssikringa viser at samla rammer for politiet og UDI gir eit redusert behov for usikkerheitsavsetning. Forventa utgiftsbehov i UDI for prosjektperioden 2022–2024 er no anslått til om lag 226 mill. kroner. Auken i utgifter for UDI på om lag 20 mill. kroner kjem av ein nødvendig auke i omfanget på to av prosjekta. Varige driftsutgifter frå 2025 er anslått til 50 mill. kroner for systema i UDI.
Kostnadsramma blir foreslått samla og at ho skal forvaltast av departementet, jf. forslag til vedtak om fullmakt til å pådra staten forpliktingar for investeringsprosjekt.
Løyvinga til UDI som gjeld Noreg sine Schengen IKT-system er nærmare omtalt under post 01, post 45 og post 46.
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten skal dekke utgifter til drift av UDI. Dette inkluderer lønn til tilsette, IT-system, utstyr, anskaffingar med unntak av større investeringar og asylmottak, jf. kap. 490, post 21 og 45, og dessutan kontorlokale m.m. I det første halvåret av 2022 var utførte månadsverk i UDI i gjennomsnitt 912 årsverk, mot 896 utførte årsverk i 2021.
Det blir i sum foreslått å auke løyvinga med 69,9 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett 2022. Dei ulike endringane er som følgjer:
Det blir foreslått å auke løyvinga med 33,1 mill. kroner til vidareføring av nødvendige mellombelse tilsettingar i 2022 for å handtere auka oppgåvemengd som følgje av høge innkomstar av fordrivne frå Ukraina. Det blir vidare foreslått å auke løyvinga med 79,6 mill. kroner for å ha beredskap til å handtere vesentleg høgare innkomstar enn det som ligg til grunn i prognosane.
Det blir foreslått å opprette ein eigen post 46 for utgifter som gjeld implementering av Noreg sine Schengen-IKT-system. Som følgje av dette blir det foreslått å redusere løyvinga på post 01 med 21,1 mill. kroner i 2023, mot ein tilsvarande auke over kap. 490, post 46.
Vidare blir det foreslått å redusere løyvinga som gjeld tilbakekall av statsborgarskap med 18,2 mill. kroner. 9,7 mill. kroner til tilbakekall av statsborgarskap blir vidareførte i 2023. Det blir òg foreslått å redusere løyvinga til handtering av statsborgarskapssaker med 8,9 mill. kroner, i tråd med ein forventa nedgang i innkomsten av søknader.
Regjeringa foreslår å redusere den ordinære kvoten for overføringsflyktningar og anna byrdedeling frå 3 000 plassar i 2022 til 2 000 plassar i 2023. Løyvinga på posten blir derfor foreslått redusert med 4,2 mill. kroner. I tillegg blir det foreslått å redusere løyvinga med 7,7 mill. kroner som følgje av budsjetterte administrative utgifter knytte til forskyving av overføring av kvoteflyktningar frå 2021 til 2022 som ikkje gjer seg gjeldande i 2023.
Som følgje av innføringa av ein ny saksflyt i den innleiande asylfasen i samband med opprettinga av Nasjonalt ankomstsenter, blir det foreslått å redusere løyvinga med 2,1 mill. kroner.
Det er òg endringar som følgje av tidlegare budsjettvedtak og tekniske endringar på posten som ikkje blir omtalt nærmare.
Delar av utgiftene på kap. 490, post 01, blir rapporterte som bistandsutgifter i tråd med OECD sine retningslinjer om Official Development Aid (ODA) og blir førte som inntekter på kap. 3490, post 01, post 03 og post 06, jf. nærmare omtale under posten.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 490, post 01, mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3490, post 05, jf. forslag til vedtak.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 1 200,1 mill. kroner.
Post 21 Spesielle driftsutgifter, asylmottak
Løyvinga på posten skal dekke utgifter staten har til drift av mottak for asylsøkarar, inkludert integreringsmottak.
Forutan losji skal tilbodet om innkvartering omfatte visse nødvendige sosial- og omsorgstenester, bl.a. mat, klede og omsorgstenester for bebuarar med særskilde behov. Løyvinga dekker òg opplærings- og informasjonstiltak, ulike organiserte sosiale aktivitetar som dagtilbod for barn, nødvendig helsehjelp til nykomne asylsøkarar og returfremmande tiltak for bebuarane i mottaka. Vidare dekker posten utgifter til bl.a. tiltak som vakthald, tilrettelegging av buforhold og plassering utanfor mottak for personar med særskilde behov, aldersundersøkingar av asylsøkarar som oppgir å vere einslege mindreårige, reise og kost for asylsøkarar i samband med asylintervju og transport for asylsøkarar til og frå norskopplæring og mellom mottak.
Posten omfattar òg midlar til lokala (ekskl. kontorlokale til tilsette i UDI og politiet som blir ført over kap. 440 og kap. 490, post 01) og mottaksdrifta på Nasjonalt ankomstsenter. Ekstra utgifter til lovpålagde kommunale tenester for vertskommune for eit innkomstsenter, kan dekkast over posten.
Behovet for løyving på posten avheng av talet på mottaksplassar, kor mange bebuarar det er i mottaka, og samansetninga av bebuarane og behova deira. Det er venta at det i gjennomsnitt vil vere i overkant av 4 500 bebuarar i mottaka i løpet av 2023. Samla er dette nesten 3 000 fleire bebuarar enn det som er lagt til grunn for saldert budsjett 2022. Det blir derfor foreslått å auke løyvinga med 738,5 mill. kroner.
Regjeringa foreslår ein basiskapasitet på 2 720 tilgjengelege plassar i tillegg til Nasjonalt ankomstsenter. Dette inneber at den tilgjengelege mottakskapasiteten ikkje blir justert ned ut over denne kapasiteten.
Det er svært usikkert kor mange asylsøkarar som faktisk vil komme gjennom året, og det er uvisse om behovet for innkvartering av fordrivne frå Ukraina. Den faktiske kapasiteten gjennom året kan derfor avvike frå det som blir lagt til grunn ved inngangen til året. Ved endringar i bebuarsamansetninga kan det òg bli behov for å utløyse fleire plassar. Sjå òg forslag til romartalsvedtak om fullmakt om mellombels drift av asylmottak.
Delar av utgiftene på kap. 490, post 21, blir førte som ODA-godkjende utgifter og blir førte som inntekter under kap. 3490, post 04, jf. nærmare omtale under kap. 3490, post 04.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 1 253,8 mill. kroner.
Post 22 Spesielle driftsutgifter, tolk og oversettelse
Posten skal dekke tolking og omsetjing i kommunikasjonen mellom søkarar og UDI i første instans. Løyvinga skal òg dekke kvalitetssikringsarbeid i samband med intervju og omsetjingar. Vidare dekker løyvinga utgifter til nødvendig omsetjing av originaldokument. Løyvinga kan òg dekke tolking og omsetjing for overføringsflyktningar som blir valde ut frå transittområde der det er vanskeleg å finne tilstrekkeleg med tolkar.
Det er forventa at UDI i 2023 vil gjennomføre fleire intervju i samband med behandling av søknader enn det som vart lagt til grunn for saldert budsjett 2022. Innføring av vedtakssamtale på video ved innvilga asylsøknad reduserer behovet for løyving noko. Samla blir det foreslått å auke løyvinga på posten med 3,1 mill. kroner.
Delar av utgiftene på kap. 490, post 22, kan utgiftsførast som ODA-godkjende utgifter og inntektsførast på kap. 3490, post 07, jf. nærmare omtale under kap. 3490, post 07.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 21,9 mill. kroner.
Post 23 Spesielle driftsutgifter, kunnskapsutvikling, kan overføres
Løyvinga skal brukast til å støtte oppgåveløysinga i UDI ved å utvikle kunnskap om innvandring.
I 2021 og hittil i 2022 har UDI publisert sju studiar ved hjelp av midlar frå post 23. Alle rapportane er tilgjengelege på nettsida til UDI:
Bevis- og troverdighetsvurderinger i Utlendingsdirektoratets asylvedtak i 2018: Anbefalinger til regelutvikling (Cecilie Schjatvet)
Torturutsatte i den norske asylprosessen. En utredning av Norges forpliktelser, og anbefalinger til praksis (Fafo)
Underholdskrav, familieinnvandring og integrering (Stiftelsen Frisch-senteret for samfunnsøkonomisk forskning)
Kompetanse om vold i nære relasjoner i asylmottak (Telemarksforskning)
Barnefaglig kompetanse i utlendingsforvaltningen. En evaluering av utlendingsforvaltningens arbeid med barn og barnefaglig kompetanse (Fafo)
Arbeidsinnvandrere fra tredjeland – kunnskapsoppsummering (Fafo)
Evaluering av representantordningen for enslige mindreårige asylsøkere (NTNU Samfunnsforskning og Oxford Research)
Seks studiar til skal bli ferdige i 2022:
Tilrettelegging for faglært arbeidsinnvandring fra tredjeland (i samarbeid og samfinansiering med AID) (Fafo)
Høring av barn som er berørt i utvisningssaker (Fafo)
Evaluering av kvaliteten på UDIs asylintervjuer (Fafo)
Evaluering av arbeidet med automatisering av saksbehandling i UDI (A-2 Norge og Menon Economics)
Hvordan fungerer regelverket for økonomiske ytelser for brukerne i asylmottak? (Proba samfunnsanalyse)
Ukrainere på flukt – erfaringer fra den første fasen i Norge (i samarbeid og samfinansiering med IMDi) (NIBR/OsloMet)
I 2023 planlegg UDI følgjande evalueringar og studiar:
Evaluering av UDIs krisehåndtering våren 2022
Gjennomgang av barnets beste-vurderinger i asylsaker
Forstår brukerne hva vi mener – i vedtakene, på nettsidene, på telefon?
Hvordan fungerer advokatordningen for brukerne? Evaluering av ordningen
Undersøkelse av fireårskravet og betydningen for arbeidsdeltakelse
Kunnskapsoppsummering om asylmottak
Evaluering av Nasjonalt ankomstsenter
Nokre av desse prosjekta blir sett i gang allereie i 2022. Andre skal starte opp i 2023. UDI skal identifisere nye kunnskapsbehov i siste del av 2022. Deretter vil UDI revidere og utvikle prosjektlista for 2023.
Løyvinga på posten vart auka frå 2022 for også å dekke utgifter til arbeid i UDI med å utvikle kunnskap i samarbeid med European Migration Network (EMN) og bistand i form av opplæring av migrasjonsstyresmakter i aktuelle samarbeidsland.
Følgjande EMN-publikasjonar vil bli fullførte i 2022:
Erlend Paasche Analytics: Occasional paper om retur og reintegrering
Fafo prosjekt: Migrasjons- og returintensjonar blant ukrainarar i Polen og Noreg
Når det gjeld opplæring av migrasjonsstyresmakter i aktuelle samarbeidsland, utviklar UDI i 2022 opplæringa si og gjennomfører opplæring i Ghana og Somalia.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 6,7 mill. kroner.
Post 45 Større utstyrsansanskaffelser og vedlikehold, kan overføres
Løyvinga på posten skal dekke utgifter til større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, medrekna utgifter til utvikling av IKT-system for utlendingsforvaltninga.
Det blir foreslått å redusere løyvinga med 82 mill. kroner.
Implementeringa av felleseuropeiske IKT-system som Noreg har forplikta seg til gjennom Schengen-samarbeidet er over i ein ny fase. Det er i tråd med framdriftsplanen eit lågare behov for investering i UDI i 2023 samanlikna med 2022. Dette reduserer behovet for løyving med 29,9 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett for 2022. Det blir vidare foreslått å opprette ein eigen post 46 for utgifter som gjeld implementering av Noreg sine Schengen-IKT-system. Det blir derfor foreslått å redusere løyvinga på post 45 med 52,2 mill. kroner i 2023 mot tilsvarande auke over post 46 (høvesvis 45,7 mill. kroner til SIS, VIS, Eurodac og IO og 6,4 mill. kroner til EES og ETIAS, sjå nærmare forklaring under post 46).
Løyvingsforslaget legg til grunn ei vidareføring av 27,8 mill. kroner til modernisering av IKT-systema til UDI, som starta i 2017. Moderniseringa skal bidra til høgare effektivitet og betre kontroll og styring.
I 2021 og så langt i 2022 har UDI gjennomført tiltak for stegvis modernisering og utvida opptak, lagring og bruk av biometri. UDI har òg starta ei gradvis modernisering av utlendingsforvaltninga sine databasar og system, og har levert ei konseptvalutgreiing om modernisering i 2022 som vil vere nødvendig for å auke automatiseringsgraden ytterlegare. Arbeidet vil halde fram i 2023.
Vidare legg løyvingsforslaget til grunn 10 mill. kroner til påkravde systemendringar og systemkorreksjonar knytte til internasjonalt samarbeid generelt.
Regjeringa foreslår ei samla løyving på posten på 37,8 mill. kroner.
Post 46 Investeringer i Schengen IKT-systemer, kan overføres
Det blir foreslått å opprette ein ny post for UDIs investeringsutgifter til felleseuropeiske IKT-system, som Noreg er forplikta til å gjennomføre via deltaking i Schengen-samarbeidet. Viser til omtale i del I og under kap. 490 og 440.
Til SIS, VIS, Eurodac og IO blir det foreslått å auke løyvinga på posten med 21,1 mill. kroner mot tilsvarande reduksjon på post 01. Det blir vidare foreslått å auke løyvinga på posten med 45,7 mill. kroner, mot tilsvarande reduksjon under post 45
Når det gjeld EES og ETIAS blir det foreslått å auke løyvinga på posten med 6,4 mill. kroner, mot tilsvarande reduksjon under post 45.
Regjeringa foreslår ei samla løyving på posten på 73,2 mill. kroner i 2023.
Post 60 Tilskudd til vertskommuner for asylmottak
Vertskommunetilskotet skal dekke gjennomsnittlege utgifter til helse, barnevern, tolk og administrasjon i samband med drift av mottak og omsorgssenter i kommunen. I tillegg til det ordinære vertskommunetilskotet omfattar ordninga eit særtilskot ved omsorgsplassering og tilskot til kommunar som tek imot og følgjer opp personar med alternativ mottaksplassering (AMOT). UDI forvaltar tilskotsordninga og betaler ut tilskot kvartalsvis når det er inngått kontrakt med ein driftsoperatør i den respektive kommunen. Kommunane treng ikkje å søke om tilskot.
For 2023 vil desse satsane gjelde:
grunnsats per kommune: 739 325 kroner per år
sats per ordinære mottaksplass og plass ved Nasjonalt ankomstsenter: 11 347 kroner per år
sats per plass for einslege mindreårige asylsøkarar: 17 475 kroner per år
sats per tilrettelagd plass: 160 654 kroner per år
sats per plass i omsorgssenter: 43 100 kroner per år
Vertskommunar for omsorgssenter tek ikkje imot grunntilskot. Ei ordning for alternativ mottaksplassering (AMOT) inneber at UDI gir tilskot til ein kommune mot at kommunen gir ein person utan opphaldsløyve eller ein flyktning eit tilbod om bustad i kommunen i staden for opphald i asylmottak. I 2022 fekk UDI fekk ei mellombels fullmakt til å utvide målgruppa for AMOT for fordrivne frå Ukraina som får mellombels kollektivt vern. I tilskotsbrevet blir det stilt krav til korleis kommunen skal bruke tilskotsmidlane. Kommunen skal vurdere individuelt kva for oppfølging personen i AMOT har bruk for. I 2023 vil satsen for AMOT vere 16 556 kroner per plass per månad.
Kommunen kan i visse tilfelle få eit auka ansvar for ein mindreårig asylsøkar, jf. barnevernlova kap. 4. Det er fastsett eigne satsar for å bidra til å dekke desse utgiftene til barnevern. For 2023 vil desse satsane gjelde:
særtilskot for barn som har komme til Noreg i følgje med føresette: 31 508 kroner per månad
særtilskot for einslege mindreårige: 15 753 kroner per månad
Regjeringa foreslår å vidareføre tilbod om gratis barnehageplass for alle barn i asylmottak frå eitt år og fram til skulestart, i tillegg til tilbod om gratis skulefritidsordning (SFO) for barn i integreringsmottak. Alle kommunar som tilbyr plass, får tilskot til å dekke utgiftene til barnehageplass for barn i mottak og SFO for barn i integreringsmottak.
Satsane for barnehageplass i 2023 er som følgjer:
1–2-åringar, heildagsplass: 316 910 kroner per år
3–5-åringar, heildagsplass: 176 066 kroner per år
SFO: 31 735 kroner per år.
Behovet for løyving på posten er avhengig av talet på mottak og omsorgssenter, talet på vertskommunar og talet på plassar. Behovet vil derfor kunne endre seg i løpet av budsjettåret.
I 2021 var det totalt 25 kommunar som fekk vertskommunetilskot for delar av eller heile året. I løpet av året gjekk talet frå 21 kommunar i første kvartal til 22 i fjerde kvartal. Det er lagt til grunn at 53 kommunar vil få tilskot i 2023.
Det er planlagt ei kartlegging av kommunane sine utgifter til lovpålagde oppgåver i 2023 for å sjå dekningsgraden for tilskotet for 2022.
Løyvingsforslaget er auka med 319,6 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett 2022. Det kjem av at det blir planlagt for fleire vertskommunar og mottaksplassar enn det som vart lagt til grunn for 2022, jf. òg omtalen av kap. 490, post 21.
Delar av utgiftene på kap. 490, post 60, kan utgiftsførast som ODA-godkjende utgifter og inntektsførast på kap. 3490, post 04, jf. nærmare omtale under kap. 3490, post 04.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 464,2 mill. kroner.
Post 70 Stønader til beboere i asylmottak
Løyvinga på posten skal dekke utgifter til stønadsordninga som omfattar økonomiske ytingar til livsopphald for bebuarar i asylmottak som ikkje kan dekke dette sjølv, og andre nødvendige ytingar. Driftsoperatøren for asylmottaket betaler ut ytingar for bebuarar i asylmottak og får dei refunderte av UDI. Dei nærmare krava til stønadsordninga er gitt i forskrift om stønad til beboere i asylmottak, som tredde i kraft 1. juni 2022. Stønadsordninga blir følgd opp ved UDI sine kontrollar av asylmottak, eller ved søknadar til UDI i dei tilfella der ytingar ikkje dekker nødvendig livsopphald for bebuarar i mottak.
Behovet for løyving på posten er avhengig av talet på bebuarar i mottak og samansetninga av bebuargruppa. Løyvingsforslaget for 2023 er basert på ein prognose på i overkant av 4 500 bebuarar i mottak. Dette er nesten 3 000 fleire enn det som var lagt til grunn for saldert budsjett 2022. Det blir derfor foreslått å auke løyvinga med 102 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett 2022.
Delar av utgiftene på kap. 490, post 70, kan utgiftsførast som ODA-godkjende utgifter og inntektsførast på kap. 3490, post 04, jf. nærmare omtale under kap. 3490, post 04.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 151,8 mill. kroner.
Post 71 Tilskudd til aktivitetstilbud for barn i asylmottak, og veiledning for au pairer
Løyvinga på posten skal dekke utgifter til ei tilskotsordning til aktivitetstilbod for barn i mottak og utgifter til tilskot til informasjons- og rettleiingstiltak for au pairar.
Formålet med tilskot til aktivitetstilbod er å bidra til at barna får ein meiningsfull kvardag, gjennom eit aktivitetstilbod tilpassa alderen til barna og det utviklingsmessige behovet og interessene deira. UDI lyser ut og forvaltar tilskotsordninga. Tilskot kan bli gitt til enkeltpersonar, frivillige organisasjonar og andre ikkje-fortenestebaserte verksemder som organiserer aktivitetar for barn. Tiltaka har bidratt til at barn i mottak har fått fleire moglegheiter til å vere med på sportslege og kulturelle aktivitetar. Sjå nettsidene til UDI for utdjupande opplysningar om tilskotsmottakarane. UDI evaluerer løypande kriteria fastsett i forskrifta om tilskotsordninga. UDI har i 2021/2022 gjennomført ein revisjon av ordninga.
På oppdrag frå UDI, etter ein anbodsprosess, driv organisasjonen Caritas eit nasjonalt senter der au pairar og vertsfamiliar kan få rådgiving og hjelp, både med praktiske problem og juridiske problemstillingar. Senteret er ikkje ein del av utlendingsforvaltninga, men dei kan hjelpe til med kontakt vidare med den rette offentlege verksemda, t.d. Skatteetaten, Nav og helsetenesta.
Heile løyvinga på 3,3 mill. kroner til rettleiing for au pairar vart brukt i 2021. Regjeringa foreslår å løyve 3,4 mill. kroner til tilskot til informasjons- og rettleiingstiltak til au pairar i 2023. Det vart utbetalt 5,2 mill. kroner i tilskot til aktivitetar for barn i asylmottak i 2021. Regjeringa foreslår å vidareføre løyvinga til tilskotsordninga på 5,6 mill. kroner.
Delar av utgiftene til tilskot til aktivitetstilbod på kap. 490, post 71, kan utgiftsførast som ODA-godkjende utgifter og inntektsførast på kap. 3490, post 04, jf. nærmare omtale under kap. 3490, post 04.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 8,9 mill. kroner.
Post 72 Assistert retur og reintegrering i hjemlandet, kan overføres
Formålet med posten er å bidra til:
at personar med endeleg avslag på søknad om vern og andre personar utan lovleg opphald i Noreg returnerer til heimlandet
at flyktningar kan vende tilbake til heimlandet når det er trygt.
Desse tilskotsordningane til enkeltpersonar blir finansierte over denne posten:
reisetilskot ved assistert retur
reintegreringstilskot ved assistert retur
reintegreringstilskot til særleg sårbare grupper og einslege mindreårige
reintegreringstilskot til utlendingar som er særleg kostnadskrevjande for samfunnet
reintegreringstilskot for personar som blir tvangsreturnerte til land UDI har eit eige returprogram for
tilbakevendingstilskot for personar med opphaldsløyve.
Justis- og beredskapsdepartementet forskriftsfesta i 2020 ordninga med tilskot til assistert retur. Forskrifta har reglar om reisetilskot og reintegreringstilskot for personar som vel assistert retur, og reintegreringstilskot ved tvangsretur av utlendingar som anten er særleg kostnadskrevjande for samfunnet, eller som blir returnerte til land UDI har eit særskilt returprogram for. I 2021 vart det gjennomført 127 assisterte returar, og 6 personar fekk tilbakevendingstilskot.
Tabellen under viser talet på returar innanfor kvar ordning og summen som vart brukt til desse ordningane i 2021. Éin retur kan ha fått tilskot frå fleire ordningar.
Tabell 2.11 Returar og rekneskapstal per ordning, 2021
Rekneskap 2021 (i 1 000 kroner) | Talet på returar og tilbakevendingar | |
---|---|---|
Voluntary Assisted Return Programme («VARP») – avtale med International Organization for Migration (IOM) | 7 928 | 93 |
Returførebuande utgifter for personar i mottak | 113 | |
Assistert retur med politiet, reintegreringstilskot | 480 | 34 |
Landprogram, assistert retur, Somalia | 2 395 | 12 |
Landprogram, retur, Marokko | 16 | 2 |
Landprogram, retur, Afghanistan | 829 | 8 |
Verifiseringsavtale, Afghanistan | 0 | – |
Tilbakevending, reintegreringstilskot | 98 | 6 |
Totalt | 11 859 |
Løyvinga skal òg dekke utgifter til ei tilskotsordning til organisasjonar for at dei skal bidra med informasjons- og motiveringsarbeid som kan få personar som er busette utanfor mottak, til å returnere til heimlandet. UDI forvaltar tilskotsordninga. UDI inngår hovudsakleg fleirårige avtalar med ulike organisasjonar. Tabellen under viser organisasjonar UDI har fleirårige avtalar med og gav tilskot til i 2021. I tillegg vart det i 2021 til saman gitt 1,7 mill. kroner i tilskot til Frelsesarmeen, Clap Along AS og Internasjonal velferdsforening, medan Det felles innvandrerråd i Hordaland måtte betale tilbake 150 000 kroner av tilskotet som vart gitt i 2020.
Tabell 2.12 Organisasjonar UDI har inngått fleirårige avtalar med og gitt tilskot til i 2021
Namn | Beløp |
---|---|
NOAS (Norsk organisasjon for asylsøkere) | 1 200 000 |
Caritas | 1 400 000 |
NOMKUS (Norges multikulturelle senter) | 600 000 |
Pireus | 800 000 |
Totalt | 4 000 000 |
Delar av utgiftene på kap. 490, post 72, kan bli førte som ODA-godkjende utgifter og blir førte som inntekter på kap. 3490, post 01, jf. nærmare omtale under kap. 3490, post 01.
Løyvingsforslaget er redusert med 4 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett 2022, i hovudsak pga. ein lågare prognose for talet på returar. I forslaget er det teke utgangspunkt i at det vil bli 170 assisterte returar i 2023.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 25,3 mill. kroner.
Post 73 Beskyttelse til flyktninger utenfor Norge mv., støttetiltak
Formålet med posten er å finansiere støtte til arbeidet som FN sin høgkommissær for flyktningar (UNHCR), Den internasjonale organisasjonen for migrasjon (IOM) og ev. andre organisasjonar gjer med overføring av flyktningar. Dersom midlar på posten ikkje blir brukte til slik støtte, vil dei bli brukte til å overføre flyktningar til Noreg. Løyvinga bidrar til å auke kapasiteten organisasjonane har til å arbeide med overføringssaker med tanke på både kvantitet og kvalitet. Tilskot blir gitt direkte frå departementet utan utlysing.
I 2021 vart det løyvd 20 mill. kroner på posten, og same sum vart rekneskapsført ved utgangen av året. Det meste av løyvinga vart overført til UNHCR. Av løyvinga vart 11 mill. kroner løyvde til UNHCR og IOM sitt operative arbeid, bl.a. arbeid med gjennomføring av norske uttak. I tråd med løyvinga gjekk det 9 mill. kroner til UNHCR til prosjektstøtte for bruk av personell frå samarbeidsorganisasjonane International Catholic Migration Commission, RefugePoint, Dansk Flygtningehjælp og International Refugee Assistance Project. Dette personellet inngår i ei ordning for utplassering i land der UNHCR har behov for styrking av kapasiteten. Regjeringa foreslår ein kvote på 2 000 plassar i 2023. Løyvinga blir foreslått redusert med 8,2 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett 2022, i hovudsak pga. redusert kvotestorleik og justeringar som følgje av budsjettert forskyving av overføring av kvoteflyktningar frå 2021 til 2022 som ikkje gjer seg gjeldande i 2023.
Utgiftene på kap. 490, post 73, kan bli førte som ODA-godkjende utgifter og bli førte som inntekter på kap. 3490, post 06, jf. nærmare omtale under kap. 3490, post 06.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 19,9 mill. kroner.
Post 74 Internasjonale forpliktelser, kontingenter mv., kan overføres
Løyvinga under posten dekker utgifter til internasjonale forpliktingar på migrasjonsområdet, medrekna bl.a. EU sitt organ for samarbeid på asylfeltet (European Union Agency for Asylum, EUAA), IKT-systemet VIS, som er eit system for grensekontroll som Noreg er forplikta til å ta i bruk som følgje av at vi deltek i Schengen-samarbeidet, og Eurodac, som er eit biometrisystem for asylsøkarar.
Det blir foreslått å auke løyvinga på posten med 6,6 mill. kroner. Budsjettet til EUAA blir fordelt dei tilknytte landa etter ein fordelingsnøkkel, og Noreg sin betalingsdel har auka.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 56,2 mill. kroner.
Post 75 Reiseutgifter for flyktninger til og fra utlandet, kan overføres
Løyvinga dekker reiseutgifter for overføringsflyktningar og ev. anna byrdedeling og reiseutgifter for flyktningar som vender tilbake til heimlandet sitt. Løyvinga dekker òg utgifter i samband med mottak av overføringsflyktningar.
Løyvinga på posten varierer med talet på personar som kjem som overføringsflyktningar og ev. anna byrdedeling.
Det er lagt til grunn for løyvingsforslaget på posten at det vil komme om lag 2 750 overføringsflyktningar til Noreg i 2023. Sjå òg omtale under kap. 490 og kap. 490, post 01 og post 73.
Delar av utgiftene på kap. 490, post 75, kan utgiftsførast som ODA-godkjende utgifter og inntektsførast på kap. 3490, post 03, jf. nærmare omtale under kap. 3490, post 03.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 30,3 mill. kroner.
Post 76 Internasjonalt migrasjonsarbeid, kan overføres
Formålet med posten er å bidra til at migrasjon går for seg på ein velordna, trygg og regulert måte, og at det blir mindre irregulær migrasjon frå enkelte land og regionar.
Posten skal bli brukt til tilskot til prosjekt som støttar opp om dialog og forhandlingar med viktige opphavs- og transittland og om velordna, trygg migrasjon. Det kan bli gitt prosjekttilskot til tiltak som styrker retursamarbeid generelt eller migrasjonsforvaltninga spesielt i land Noreg prioriterer for retur- og reintegreringsprogram, og til retur- og reintegreringsprogram i regi av Den internasjonale organisasjonen for migrasjon (IOM) for retur frå transittland til opphavsland. Justis- og beredskapsdepartementet tildelte 19,2 mill. kroner i tilskot til slike prosjekt i 2021. Det vart i 2021 gitt tilskot bl.a. til styrking av migrasjonsforvaltninga i Somalia og til retur- og reintegreringsprogram i Afghanistan, Bosnia-Hercegovina, Marokko og Tyrkia. Tilskot blir gitt direkte frå departementet utan utlysing.
Delar av utgiftene på kap. 490, post 76, kan førast som ODA-godkjende utgifter og førast som inntekter på kap. 3490, post 08, jf. nærmare omtale under kap. 3490, post 08.
Det blir foreslått å auke løyvinga på posten med 4,5 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett 2022, noko som i hovudsak kjem av at stillinga som spesialutsending for utlendingssaker som dekker Eritrea og Sudan blir inndratt.
Samla blir det foreslått å løyve 26,5 mill. kroner på posten.
Kap. 3490 Utlendingsdirektoratet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Betegnelse | Regnskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
01 | Assistert retur fra Norge for asylsøkere med avslag, ODA-godkjente utgifter | 2 187 | 3 566 | 2 763 |
03 | Reiseutgifter for flyktninger til og fra utlandet, ODA-godkjente utgifter | 51 848 | 63 322 | 54 546 |
04 | Asylmottak, ODA-godkjente utgifter | 239 163 | 254 042 | 1 233 956 |
05 | Refusjonsinntekter | 5 496 | 2 600 | 2 678 |
06 | Beskyttelse til flyktninger utenfor Norge mv., ODA-godkjente utgifter | 19 848 | 30 410 | 18 715 |
07 | Tolk og oversettelse, ODA-godkjente utgifter | 8 955 | 17 986 | 20 769 |
08 | Internasjonalt migrasjonsarbeid og reintegrering i hjemlandet, ODA-godkjente utgifter | 24 530 | 26 600 | 28 167 |
Sum kap. 3490 | 352 027 | 398 526 | 1 361 594 |
Innleiing
Visse utgifter under kap. 490 Utlendingsdirektoratet (UDI) kan godkjennast som offisiell utviklingshjelp (Official Development Assistance, «ODA») og inntektsførast under kap. 3490. Desse utgiftene blir altså rekna som ein del av bistandsbudsjettet til Noreg. Under følgjer ei oversikt over dei ulike postane og delane av verksemda til UDI som kan reknast som utviklingshjelp, i tillegg til ein omtale av post 05, som består av refusjonsinntekter UDI tek imot.
Etter retningslinjene til OECD/DAC (Development Assistance Committee) kan visse utgifter knytte til både opphald i Noreg og tilbakevending til heimlandet for flyktningar klassifiserast som offisiell internasjonal bistand (ODA). Kva for utgifter som skal reknast som bistand, er regulert i retningslinjene til OECD. På bakgrunn av presiseringar frå OECD gjorde Noreg frå og med 2019 fleire endringar i rapporteringa, jf. Prop. 1 S (2018–2019) for Justis- og beredskapsdepartementet og for Utanriksdepartementet. Denne praksisen er lagd til grunn for berekninga av løyvingsforslaga for 2023.
Post 01 Assistert retur fra Norge for asylsøkere med avslag, ODA-godkjente utgifter
Utgifter til tilrettelegging for at flyktningar skal kunne vende tilbake til heimlandet, og utgifter til at personar med avslag på asylsøknad skal kunne returnere, kan i tråd med statistikkdirektiva til OECD/DAC godkjennast som offisiell internasjonal bistand. Regjeringa foreslår at delar av utgiftene på kap. 490, post 01 og 72, blir rapporterte inn som bistand. I samband med dette foreslår regjeringa å inntektsføre 2,8 mill. kroner på kap. 3490, post 01, i 2023.
Post 03 Reiseutgifter for flyktninger til og fra utlandet, ODA-godkjente utgifter
Reiseutgifter til og frå utlandet for flyktningar kan i tråd med statistikkdirektiva til OECD/DAC godkjennast som offisiell bistand. Regjeringa foreslår at relevante utgifterpå kap. 490, post 01, og alle utgiftene på post 75, som gjeld reiser og administrative tenester i samband med at flyktningar reiser, blir rapporterte som bistand. I samband med dette foreslår regjeringa å inntektsføre 54,5 mill. kroner på kap. 3490, post 03, i 2023.
Post 04 Asylmottak, ODA-godkjente utgifter
Visse innanlandske utgifter for mottak av asylsøkarar og flyktningar kan i tråd med statistikkdirektiva til OECD/DAC godkjennast som offisiell bistand. Regjeringa foreslår at delar av utgiftene på kap. 490, post 21, post 60, post 70 og post 71, blir rapporterte som bistand. I samband med dette foreslår regjeringa å inntektsføre 1 234 mill. kroner på kap. 3490, post 04, i 2023.
Post 05 Refusjonsinntekter
Posten består av refusjon for deltaking i europeiske samarbeidsprosjekt og andre refusjonar. På bakgrunn av erfaringstal blir det foreslått å løyve 2,7 mill. kroner i 2023. Det blir foreslått at løyvinga på kap. 490, post 01, kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3490, post 05, jf. forslag til vedtak.
Post 06 Beskyttelse til flyktninger utenfor Norge mv., ODA-godkjente utgifter
Utgifter for overføring av flyktningar kan i tråd med statistikkdirektiva til OECD/DAC godkjennast som offisiell bistand. Regjeringa foreslår at relevante utgifter på kap. 490, post 01 og post 73, blir rapporterte inn som bistand. I samband med dette foreslår regjeringa å inntektsføre 18,7 mill. kroner på kap. 3490, post 06, i 2023.
Post 07 Tolk og oversettelse, ODA-godkjente utgifter
Utgifter til tolk, omsetjing og informasjon i samband med asylsøkarprosessen kan ifølgje statistikkdirektiva til OECD/DAC godkjennast som offisiell bistand. Det blir foreslått at utgiftene på kap. 490, post 22, blir rapporterte som bistand. I samband med dette blir det foreslått å inntektsføre 20,8 mill. kroner på kap. 3490, post 07, i 2023.
Post 08 Internasjonalt migrasjonsarbeid og reintegrering i hjemlandet, ODA-godkjente utgifter
Utgifter for reintegrering av personar som blir returnerte til opphavslandet eller til eit tredjeland, og tiltak som bidrar til samarbeid om retur, returavtalar, oppbygging av migrasjonsforvaltninga i opphavs- og/eller transittland og velordna migrasjon, kan godkjennast som offisiell internasjonal bistand ifølgje statistikkdirektiva til OECD/DAC. Regjeringa foreslår at relevante utgifter under kap. 490, post 72 og post 76, blir rapporterte inn som bistand. I samband med dette foreslår regjeringa å inntektsføre 28,2 mill. kroner på kap. 3490, post 08, i 2022.
Kap. 491 Utlendingsnemnda
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Betegnelse | Regnskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
01 | Driftsutgifter, kan nyttes under post 21 | 239 488 | 269 637 | 275 292 |
21 | Spesielle driftsutgifter, nemndbehandling, kan nyttes under post 1 | 6 246 | 13 154 | 7 259 |
Sum kap. 0491 | 245 734 | 282 791 | 282 551 |
Innleiing
Som klageinstans har Utlendingsnemnda (UNE) til hovudoppgåve å etterprøve vedtak som er gjorde i første instans av Utlendingsdirektoratet (UDI), og som blir klaga på. UNE fungerer som eit uavhengig forvaltningsorgan når dei gjer vedtak i klagesaker. UNE vurderer både saker om vern og andre saker om opphald etter utlendingslova, i tillegg til saker om statsborgarskap. UNE saksbehandlar òg krav om omgjering av eigne vedtak. UNE har ei eiga prosedyreeining som prosederer ein del av UNE sine saker i rettssystemet i samarbeid med Regjeringsadvokaten.
Gjennom systematisk og grundig etterprøving av vurderingane som er gjorde i første instans, og ved å vurdere eventuelle nye opplysningar i saka, bidrar UNE til å vareta rettstryggleiken på utlendingsfeltet. Saker med tvilsspørsmål som er utslagsgivande for utfallet, blir avgjorde i nemndmøte, som oftast med frammøte av klagaren. Nemndleiarar og nemndmedlemmer har sjølvstendig avgjerdsmakt slik som dommarar i domstolane. UNE skal jobbe for å sikre ei rask og effektiv saksbehandling som varetek rettstryggleiken, og unngår å setje livet til barn og unge på vent.
Behandling av klagar og omgjeringsoppmodingar
Talet på innkomne saker hos UNE vil variere både med talet på asylsøkarar og søknader om ulike løyve, og med utfalla i vedtaka hos UDI. UNE tok samla i mot 5 220 saker i 2021, om lag 340 færre enn i 2020. Om lag ein fjerdedel av sakene var omgjeringsoppmodingar. Det har vore ein vedvarande nedgang i innkomne saker til UNE sidan 2016, då UNE tok imot nærmare 17 000 saker. Nedgangen har vore særleg stor for asylsaker.
Gjennomsnittleg saksbehandlingstid for alle saker auka frå 2020 til 2021 og var i 2021 på 168 dagar. Auka saksbehandlingstid heng bl.a. saman med talet på innkomne saker, samansetninga av porteføljen, covid-19-pandemien og endringar i verksemda.
UNE har dei siste åra behandla fleire asylsaker enn det som har komme inn, og talet på ubehandla asylsaker i UNE har derfor gått ned. Per 30. juni 2022 var det 391 ubehandla asylsaker i UNE, inkl. omgjeringsoppmodingar. Samstundes har gjennomsnittleg saksbehandlingstid i asylsakene gått opp frå 140 dagar i 2020 til 171 dagar i 2021 og til 185 i det første halvåret av 2022. Når ein større del av sakene som blir behandla er eldre saker, vil gjennomsnittleg saksbehandlingstid bli påverka av dette. UNE skal sikre at det beste for barnet er eit grunnleggjande omsyn i behandlinga av alle asylsaker som gjeld barn. UNE skal prioritere einslege, mindreårige asylsøkarar i alle ledd i saksbehandlinga.
Talet på innkomne opphaldssaker var òg lågare i 2021 enn i 2020. Talet på ubehandla saker auka gjennom 2021, men har gått ned igjen det første halvåret av 2022 og er no på 1 870 saker. Gjennomsnittleg saksbehandlingstid auka frå 2020 til 2021, frå 127 til 168 dagar. I det første halvåret av 2022 var tilsvarande tal 175 dagar.
UNE behandla til saman 4 700 saker i 2021, som var nesten 600 færre enn i 2020. Sekretariatet er styrkt i siste halvdel av 2021 og første halvdel av 2022, og det er forventa ein auke i talet på behandla saker i 2022 samanlikna med 2020 og 2021.
Når UNE stadfestar eit avslag frå UDI, er dette eit endeleg avslag. Det er då mogleg å saksøke staten ved UNE med påstand om at domstolen skal kjenne vedtaket frå UNE ugyldig. UNE var 224 dagar i retten i 2021, mot 261 og 360 dagar i høvesvis 2020 og 2019. Nedgangen har truleg samanheng med at det i 2020 og 2021 var fleire rettssaker som vart forskyvde eller stansa som følgje av covid-19-pandemien. Staten ved UNE tok imot 78 rettskraftige dommar i 2021. Staten fekk medhald i 53 av sakene, som utgjer 68 pst. Tilsvarande del i 2020 var 74 pst.
Det vart samla løyvd 2,2 mill. kroner til ei eingongsløysing for asylsøkarar med lang opphaldstid i Noreg som tok til å gjelde i juli 2021. Per 30. juni 2022 har vel 140 personar bede om å bli vurderte etter denne ordninga, og 63 sakar er omgjorde.
Post 01 Driftsutgifter, kan nyttes under kap. 491, post 21
Løyvinga på posten skal dekke utgifter til drift av UNE. I det første halvåret av 2022 var utførte månadsverk i UNE i gjennomsnitt 200 årsverk.
Det blir foreslått å auke løyvinga til UNE med 5,7 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett 2022. Til grunn for løyvingsforslaget ligg ei auking på 5 mill. kroner mot tilsvarande reduksjon på post 21 knytt til oppdaterte saksprognosar, der det blir anslått eit meirbehov til saksbehandling, men at færre saker blir behandla i nemnd.
Det blir vidare foreslått å auke løyvinga med 600 000 kroner knytt til implementering av Schengen-IKT-systema, jf. nærmare omtale under kap. 490, post 46 og del I.
Løyvingsforslaget inneber òg ein reduksjon i løyvinga til tilbakekall av statsborgarskap på 5,2 mill. kroner, der 3,9 mill. kroner av desse er refordelte til UDI og politiet.
Det er òg endringar som følgje av tidlegare budsjettvedtak og tekniske endringar på posten som ikkje blir omtalte nærmare.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 491, post 01, mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3491, post 01, jf. forslag til vedtak.
Samla foreslår regjeringa ei løyving på posten på 275,3 mill. kroner.
Post 21 Spesielle driftsutgifter, nemndbehandling, kan nyttes under kap. 491, post 01
Løyvinga på posten skal dekke utgifter i samband med avvikling av nemndmøte. Det er den enkelte nemndleiaren som, ut frå regelverket, avgjer om det skal setjast nemnd i den enkelte saka. Nemndutgiftene omfattar bl.a. godtgjersle for reise og opphald for nemndmedlemmer og tolkar i tillegg til reise- og opphaldsutgifter for advokatar og klagarar.
Det blir foreslått å redusere løyvinga med 5,9 mill. kroner.
Løyvingsforslaget inneber ein reduksjon på 5 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på post 01 knytt til at det blir anslått eit meirbehov for saksbehandling men at færre saker blir behandla i nemnd. Løyvingsforslaget inneber òg ein reduksjon på 1,2 mill. kroner til tilbakekall av statsborgarskap.
Posten skal òg dekke sakskostnadene til klagaren ut frå forvaltningslova § 36 og i tillegg reise- og opphaldsutgifter for sakføraren i samband med tvunge verneting for utlendingssaker.
Samla foreslår regjeringa ei løyving på posten på 7,3 mill. kroner.
Fotnotar
Styring og koordinering av tjenester i e-forvaltning