Prop. 1 S (2022–2023)

For budsjettåret 2023 under Klima- og miljødepartementet

Utgiftskapittel: 1400–1482 Inntektskapittel: 4400–4481 og 5578

Til innhaldsliste

Forord

Prop. 1 S (2022–2023) frå Klima- og miljødepartementet er samansett av tre delar:

Del I presenterer hovudutfordringar, resultatområde og nasjonale mål i klima- og miljøpolitikken og hovudprioriteringar innanfor departementet sitt budsjett i 2023. Del I inneheld òg ei oversikt over dei viktigaste resultata av klima- og miljøpolitikken til regjeringa.

Klima- og miljødepartementet er eit sektorovergripande departement med ansvar for å samordne klima- og miljøpolitikken til regjeringa. I del I er det difor gjeve eit oversyn over klima- og miljøsatsingar i andre departement i 2023. I del I er det òg ei oversikt over oppmodingsvedtaka frå Stortinget.

Del II inneheld budsjettframlegget frå Klima- og miljødepartementet fordelt på programkategoriar, kapittel og postar. I tillegg blir det gjort greie for politikken for å nå dei nasjonale måla.

Del III har ein omtale av klima- og miljøpolitikken i dei andre departementa og Klima- og miljødepartementets oppfølging av berekraftsmåla. Del III gjev òg ein omtale av arbeidet miljøforvaltninga gjer innan samfunnstryggleik og beredskap, fornyingsarbeid og likestilling i miljøforvaltninga.

Særskilt vedlegg inneheld Regjeringas klimastatus og -plan, som også svarer ut kravet klimalova har til rapportering.

Til forsida
Tilbakemeldingsskjema

Fant du det du lette etter?

Tusen takk for ditt svar!

Det er ikke deg, det er oss.

Det oppsto en uventet feil med serveren. Prøv igjen senere.