Del 3
Omtale av særlege tema
8 Omtale av sektorovergripande klima- og miljøsaker
8.1 Klima- og miljøpolitikk i departementa
For å nå dei nasjonale klima- og miljømåla må alle sektorar i samfunnet medverke. Regjeringa fører ein brei klima- og miljøpolitikk som omfattar verkemiddel på resultatområda omtalte i kapittel 2 og verkemiddel innanfor ansvarsområda til andre departement.
Dette kapittelet handlar om klima- og miljøinnsatsen til regjeringa og tiltak og prioriteringar i andre departement.
Klima- og miljøpolitikk er ikkje først og fremst løyvingar og budsjettpostar. Arbeid for eit betre miljø omfattar i stor grad avgjerder som ikkje har direkte konsekvensar for statsbudsjettet. Til dømes vil planlegging av arealbruk vere viktig, det same er regulering av tillatne grenseverdiar for forureining. Samstundes er statsbudsjettet eit viktig og betydeleg verkemiddel for å nå klima- og miljømåla.
8.1.1 Arbeids- og sosialdepartementet
Miljøområde, miljømål og miljøutfordringar
Eit trygt og seriøst arbeidsliv er eit av hovudmåla for ansvarsområda til Arbeids- og sosialdepartementet, under dette å redusere risiko for storulykker i petroleumssektoren. Dei same faktorane som førebyggjer og reduserer risiko for storulykker, vil ofte òg kunne bidra til å førebyggje forureining. Ulykker kan ramme både menneske, miljø og materielle verdiar, og det er dei same førebyggingsmekanismane som kan hindre ulykker uavhengig av kva som kan bli ramma. Det er dei enkelte petroleumsselskapa som sjølve er ansvarlege for at helse, miljø, tryggleik og sikring er varetekne.
Førebygging av ulykker og uønskte hendingar som kan føre til forureining frå petroleumsverksemda, utgjer eit viktig bidrag frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet til regjeringa sitt heilskaplege arbeid med klima og miljø. Hovudtyngda av klima- og miljøinnsatsen til Arbeids- og inkluderingsdepartementet ligg på resultatområdet for forureining. Arbeidsmiljø- og sikkerheitsstyresmaktene fører tilsyn med at verksemdene følgjer opp HMS-ansvaret sitt.
Petroleumsverksemda er strengt regulert når det gjeld helse, miljø, tryggleik og sikring.
I regelverket er det stilt krav til robust utforming av utstyr og anlegg, som mellom anna inneber krav til barrierar mot ulykker og uønskte hendingar som kan føre til akutt forureining. Det er dessutan stilt strenge krav til HMS-styring for å sikre at tiltak for å førebyggje og stanse ulykker er tilpassa eigenarten til den enkelte verksemda, stadlege forhold og operasjonelle føresetnader. Arbeidsmiljø- og tryggingsstyresmaktene sitt tilsyn med petroleumsverksemda på norsk kontinentalsokkel og på enkelte landanlegg er det Petroleumstilsynet som utfører. Petroleumstilsynet si oppfølging av tryggleiken medverkar til at aktørane set i verk effektive tiltak for å førebyggje, avgrense og stanse ulykker, inkludert ulykker som kan medføre forureining til sjø, til luft og til grunn. Dette bidreg til å byggje opp om dei nasjonale målsetjingane i klima- og miljøpolitikken.
Rapport 2021
Petroleumstilsynet gjev årleg ut Risikonivå i norsk petroleumsverksemd, Akutte utslepp (RNNP-AU). Gjennom dette arbeidet overvaker Petroleumstilsynet trendar for uønskte hendingar og ulykker i petroleumsverksemda som har, eller kunne ha, ført til akutt forureining. Dette arbeidet gjev viktig informasjon for å kunne betre effekten av tryggingsarbeidet og dermed kunne førebyggje hendingar som kan gje akutt forureining på norsk sokkel. Rapporten for 2021 blir publisert i oktober 2022.
Med bakgrunn i totalbiletet frå RNNP-rapportar, kombinert med erfaringar frå tilsyn, har Petroleumstilsynet dei siste åra retta merksemda si særleg mot tre område: førebygging av brønnkontrollhendingar, førebygging av akutte utslepp av kjemikaliar og førebygging av akutt forureining frå innretningar på havbotnen. I 2021 vart desse prioriteringane lagde til grunn i Petroleumstilsynet si oppfølging av petroleumsselskapa og i samarbeidet til styresmaktene om tilsyn, regelverksutvikling og forvaltningsplan for norske havområde.
RNNP-AU 2021 viser ingen tydeleg betring når det gjeld fleire typar hendingar med potensiale for forureining på norsk sokkel. Læring frå hendingar med potensial for forureining er viktig fordi det gir kunnskap om årsak til utslepp og om barrierar som har innverknad på førebygging av alle typar hendingar, både dei med potensial for personskadar og dei med potensial for forureining.
Utviklinga for indikatoren talet hendingar med akutte råoljeutslepp viser ein positiv trend totalt sett i perioden 2005–2021. Den nedgåande trenden viser likevel ei utflating med variasjon i siste halvdelen av perioden. I 2021 var talet på akutte oljeutslepp på det høgaste sidan 2011. Det er for tidleg å seie om den negative utviklinga representerer ein trend.
For talet på tilløpshendingar med storulykkespotensial ser vi at det totalt sett er ein nedgåande trend mellom 2005–2013. Denne utviklinga kan i hovudsak forklarast med nedgangen i hendingar med passerande skip på kollisjonskurs. Vi ser så ein svak auke i denne typen hendingar mellom 2013–2015. Etter 2015 har verdiane lege på eit jamt nivå.
Talet på hendingar med kjemikalieutslepp har variert rundt eit relativt stabilt nivå i perioden men kan synast å ha ein aukande trend dei siste åra. Den årlege utsleppsmengda av kjemikaliar på norsk sokkel har også variert gjennom perioden frå 2005 til 2020. Der tala synte ei negativ utvikling i 2020, er det i 2021 ein markant reduksjon i utsleppsmengda. Akutte kjemikalieutslepp er framleis den dominerande typen utslepp i norsk petroleumsverksemd, både når det gjeld talet på utslepp og årlege utsleppsmengder.
Plan for vidare arbeid
Petroleumstilsynet vil arbeide vidare med å utvikle og forvalte tryggingsregelverket slik at krav til teknologi, operasjonar og styring av verksemdene i petroleumssektoren underbyggjer nasjonale og regionale miljømål og klimapolitikken. Førebygging av akutt forureining er slik eit positivt miljøbidrag, som blir følgt opp i tilsyn, i trepartsforum og i samarbeid med andre styresmakter. Petroleumstilsynet vil òg føre vidare eit aktivt samarbeid med andre etatar i samband med utvikling og oppfølging av heilskaplege forvaltningsplanar for dei norske havområda.
8.1.2 Barne- og familiedepartementet
Omtale av miljøområde, miljømål og miljøutfordringar
Alt forbruk har direkte eller indirekte konsekvensar for miljø og klima. Dei siste tiåra har det samla forbruket til norske hushald auka betydeleg.
Det er eit mål at forbrukarane skal kunne gjere medvitne val i dei marknadene dei handlar i. Informasjon om miljøaspekta og dei sosiale aspekta ved varer og tenester kan gjere det enklare for forbrukarane å velje produkt som gjev mindre belastning på miljøet og ressursane. Gjennom etterspurnad av slike produkt kan forbrukarane påverke næringsdrivande til i større grad å ta omsyn til berekraft ved avgjerder om investeringar og produksjon.
Barne- og familiedepartementet (BFD) arbeider for å leggje til rette, forenkle og standardisere informasjon om miljøaspekta og dei etiske aspekta ved forbruket. Verkemidla er dei offisielle miljømerka den nordiske Svana og EU-miljømerket (EU Ecolabel), som blir forvalta av Stiftelsen Miljømerking i Noreg.
Rapport for 2021/2022
Miljømerking medverka i 2021 gjennom arbeidet sitt til at fleire produkt og tenester blir produserte etter strenge miljøkrav. Talet på produkt med miljømerket Svana auka med 14 pst. gjennom året, til 32 308 per 31. desember. Auken var størst innanfor produktgruppene møbel og innreiing, følgde av tekstilar, utemøbel og leikeapparat, reingjeringsmiddel og kosmetiske produkt.
I ei undersøking i 2021 svarte 92 pst. av respondentane at dei hadde kjennskap til Svana. 27 pst. svarte at dei hadde kjennskap til EU Ecolabel. Den høge kjennskapen tyder på at forbrukarane generelt veit at merka gjev god rettleiing om kva som er meir miljøvennlege og berekraftige val.
Strategien om sirkulær økonomi frå 20211 la vekt på at forbrukarane må få betre mogleg-heiter til å gjere sirkulære val. Det vart difor bestemt å etablere eit kontaktpunkt i Forbrukarrådet for forbrukarmakt i det grøne skiftet. Kontaktpunktet vil ha som formål å samle kunnskapar, idear og erfaringar og fremje sirkulær praksis gjennom å spreie gode døme og metodar. Eit forprosjekt vart sett i gang i 2021. Arbeidet held fram i 2022.
Skulen er ein viktig arena for å skape forståing for ressurs- og klimaproblem og reflekterte haldningar til forbruk. BFD førte i 2021 vidare arbeidet med å fremje undervisning i forbrukaremne som òg tok opp spørsmål knytte til dette. BFD samarbeidde mellom anna med Ungt Entreprenørskap (UE) om eit undervisingsopplegg som skal fremje forståing for berekraftig forbruk. Om lag 2 200 elevar frå ulike delar av landet deltok i opplegget.
Det er tverrpolitisk semje om å arbeide for å redusere matsvinnet i Noreg. Sidan over halvparten av matsvinnet som er kartlagt, kjem frå private hushald, er det viktig for BFD å støtte opp om arbeid som er retta mot korleis forbrukarane sjølve kan redusere svinnet sitt. Resultata i forbrukarleddet blir betre dersom alle ledda i verdikjeda for mat samarbeider.
I 2017 vart det inngått ein bransjeavtale om matsvinn mellom styresmaktene, mellom anna det daverande Barne- og likestillingsdepartementet, Klima- og miljødepartementet, Landbruks- og matdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet måde;og dei største organisasjonane i matbransjen. Med bakgrunn i bransjeavtalen har BFD i 2021 og 2022 støtta organisasjonen Matvett AS, som har som formål å redusere matsvinnet i samfunnet. Støtta frå BFD går til tiltak for å redusere matsvinn blant forbrukarane.
Plan for vidare arbeid
BFD vil i 2022 føre vidare arbeidet med å gjere det enkelt for forbrukarane å ta miljømedvitne val. Miljømerka Svana og EU Ecolabel vil framleis vere dei sentrale verkemidla for å formidle standardisert og kvalitetssikra informasjon om varer og tenester som er blant dei minst miljøskadelege på marknaden. Miljømerking, som forvaltar desse ordningane i Noreg, vil halde fram med å arbeide for at talet på produkt med miljømerke skal auke på den norske marknaden, og informere forbrukarar og profesjonelle innkjøparar om at miljømerkte produkt og tenester er enkle og trygge miljøval. Svana skal synleggjerast som verktøy for å skape ein meir sirkulær og berekraftig økonomi, og det skal utviklast meir heilskaplege livsløpsvurderingar av produkt.
Departementet vil i 2023 arbeide vidare med å fremje undervisning i forbrukaremne som tek opp spørsmål knytte til berekraftig forbruk og utvikling.
Gjennom bransjeavtalen vil BFD i 2023 halde fram med å støtte tiltak som kan leggje til rette for at forbrukarane blir meir medvitne om å redusere sitt eige matsvinn. Bransjeavtalen gjeld fram til 2030 og byggjer på ein felles definisjon av matsvinn og eigne grunnlagsrapportar om statistikk og tiltak. Med utgangspunkt i FN sitt berekraftsmål 12.3 om matsvinn, som Noreg har forplikta seg til å arbeide for å nå, er det i bransjeavtalen sett eit overordna mål om å redusere matsvinnet i heile verdikjeda for mat med 50 pst. innan 2030. Berekningar som er gjorde, syner at matsvinnet sidan 2015 er redusert med 10 pst. På forbrukarleddet er matsvinnet redusert med 6 pst.
8.1.3 Finansdepartementet
Hovudverkemidla i norsk klimapolitikk er, og skal vere, sektorovergripande verkemiddel i form av klimagassavgifter og omsetjelege utsleppskvotar. Om lag 85 pst. av norske utslepp er pålagde avgift eller kvoteplikt. Det generelle avgiftsnivået på ikkje-kvotepliktige utslepp av klimagassar er 766 kroner per tonn CO2 i 2022, og kvoteprisen er på rundt 800 kroner per tonn CO2. Både andelen utslepp som er prisa, og karbonprisen forureinarane står overfor, er høge samanlikna med i andre land.
I Prop. 1 LS Tillegg 1 (2021–2022) vart det varsla at regjeringa vil trappe opp avgiftene på ikkje-kvotepliktige utslepp av klimagassar til om lag 2 000 2020-kroner i 2030. For å følgje opp dette foreslår regjeringa å auke avgiftene på ikkje-kvotepliktige utslepp med 21 pst. utover prisstiginga i 2023. Det er konsistent med ei jamn opptrapping mot om lag 2 000 2020-kroner i 2030. Forslag om endringar elles i klimaavgiftene er omtalte i Prop. 1 LS (2022–2023).
8.1.4 Forsvarsdepartementet
Miljøområde, miljømål og miljøutfordringar
Klima- og miljøutfordringane i forsvarssektoren er spesielt knytte til bruken av materiell, i hovudsak fartøy og fly, for trening, øving og operativ verksemd for å halde i hevd den nasjonale forsvarsevna. Verksemda til Forsvaret kan påføre omgjevnadene både støyplager, skadar på natur og miljø og utslepp av klimagassar frå drivstoffbruk. Den omfattande bygningsmassen som forsvarssektoren har, medfører dessutan forbruk av energi til drift og oppvarming, som direkte og indirekte gjev utslepp av klimagassar. Vidare utgjer også den indirekte verknaden ein stor del, frå mellom anna anskaffingar av eigedom, bygg og anlegg, materiell og tenester. Materiell kan vere alt frå kjemikaliar, uniformer og telt til komplekse materiellsystem som fly, fartøy og køyretøy. Samstundes forvaltar sektoren naturområde og kulturminne og kulturmiljø som gjev grunnlag for kunnskap, opplevingar og verdiskaping.
Forsvarssektoren skal medverke til at dei nasjonale klima- og miljøpolitiske måla kan nåast. Forsvarssektoren skal vidare støtte opp om Noregs bidrag til FNs klimamål under Parisavtalen og FNs berekraftsmål. I langtidsplanen for forsvarssektoren for 2021–2024 (Prop. 14 S (2020–2021)) går det fram at forsvarssektoren skal arbeide samla for å tilpasse infrastruktur og materiell i takt med endra klima, redusere klimaavtrykket, minimere negativ miljøpåverknad og vareta natur- og kulturverdiar knytte til dei samla aktivitetane i sektoren.
Etatane i sektoren bidreg breitt med ei rekkje tiltak som sørgjer for eit betre miljø. Det inkluderer mellom anna opprydding av tidlegare forureiningar av sjøbotn og skytefelt, å gjennomføre tiltak for å ta vare på naturmangfald og for å redusere energibruk og klimagassutslepp frå sektoren. Etatane arbeider vidare med ivaretaking av kulturminne og kulturmiljø i område sektoren eig og bruker, og har gode system for avfallshandtering. Kystvakta har i tillegg ei viktig oppgåve med både miljø- og ressursoppsyn. Forsvarets miljøoffiserar og kompetansemiljø i etatane legg ned ein omfattande innsats for å redusere skadar på miljøet under utdanning og øvingar, og dei samarbeider i samband med dette tett med sentrale og lokale styresmakter.
Forsvarssektoren har ein eigen miljødatabase som verktøy for å registrere, overvake og rapportere miljøpåverknadene til etaten. Forsvarets forskingsinstitutt (FFI) gjev kvart år ut ein rapport med årleg miljø- og klimarekneskap for forsvarssektoren. Rekneskapen for 2021 er gjeven ut i rapport FFI-22/00774. Rapportane gjev mellom anna oversikt over resultat og utvikling for sentrale miljøaspekt over tid, som næringsavfall, energibruk, drivstofforbruk, ammunisjonsbruk, kjemikaliar. I tillegg blir utsleppa av klimagassar i forsvarssektoren presenterte i ein klimarekneskap.
Rapport for 2021/2022
Forsvaret, Forsvarsbygg, Forsvarsmateriell og FFI har i fellesskap utarbeidd ein klima- og miljøstrategi for forsvarssektoren. Strategien vil liggje til grunn for det vidare arbeidet med klima og miljø i sektoren framover. Arbeidet med strategien har styrkt samarbeidet om klima- og miljøsaker internt i forsvarssektoren. Implementeringa av strategien gjennom konkrete tiltak vil kunne styrkje klima- og miljøarbeidet. Strategien beskriv fleire innsatsområde med tilhøyrande ambisjonar, retning og tiltaksområde. Dette er område der etatane meiner innsats i sektoren vil gje størst effekt innanfor klima- og miljøarbeidet. Dei fem innsatsområda er 1) redusere energiforbruk og direkte klimagassutslepp, 2) minimere miljøpåverknaden og sørgje for eit giftfritt miljø, 3) bevare naturmangfald og sikre kulturhistoriske verdiar, 4) omlegging til sirkulær økonomi og berekraftige anskaffingar og 5) tilpasse verksemda til eit endra klima.
Forsvarssektoren har gjennomført ei rekkje tiltak som reduserer belastninga på klima og miljø. Utfasinga av fossilt brensel til oppvarming av bygningane i sektoren er ferdigstilt i 2021 med unntak av dispensasjon for enkelte bygg tilknytte Bodø flystasjon i vente på avhending. Forsvaret bruker ulike simulatorar for fly, fartøy og køyretøy til øving og trening, noko som reduserer drivstofforbruket og dermed klimagassutsleppa samanlikna med berre skarp trening. Offentlege anskaffingar utgjer ein vesentleg del av Noregs totale klima- og miljøfotavtrykk. Anskaffingane forsvarssektoren gjer, skal difor støtte eit grønt skifte, FNs berekraftsmål og implementeringa av sirkulær økonomi.
Forsvarssektoren jobbar målretta med å redusere energiforbruket. Dette blir gjort gjennom fysiske tiltak på eigedom, bygg og anlegg og ved å gjere forsvarssektoren meir medviten om eige energiforbruk. Forsvarsbygg har implementert eit system for miljøoppfølgingsplanar, som skal brukast på alle prosjekt. Miljøoppfølgingsplanen set krav til miljøleiing, byggjeplass og uteområde, energi, attvinning og avfall, helse- og miljøfarlege stoff, materialkrav og utslepp til vatn, jord og luft. I 2021 har Forsvarsbygg kartlagt moglege energitiltak og skal i perioden 2022–2024 gjennomføre energitiltak for 13 mill. kroner. Energitiltaka handlar om å oppgradere og implementere tekniske anlegg for betre styring og drift av eigedom, bygg og anlegg og vil redusere energibruk nokså betydeleg.
Forsvarssektoren er ein av dei største eigedomsforvaltarane i landet, med til dels store og svært varierte areal spreidde over heile landet. Store land- og sjøområde blir nytta som skyte- og øvingsfelt. Forsvarssektoren har gjennomført tiltak for å rydde opp i grunn og i sjøbotn som er forureina som følgje av verksemd frå tidlegare tider, følgt opp krav pålagde av miljøstyresmaktene på Forsvarets eigedom på land for å hindre forureinande aktivitet og teke omsyn til kartlagde miljøverdiar i skyte- og øvingsfelt både på land og i havet. Det blir gjennomført førebyggjande tiltak på eksisterande skyte- og øvingsfelt for å redusere framtidig utleking av tungmetall og andre miljøfarlege stoff som følgje av Forsvarets ammunisjonsbruk. Det blir gjort kartlegging og sett i verk tiltak for å rydde opp i forureining frå tidlegare tider på flyplassar og ved andre basar og anlegg. Det inkluderer opprydding av PFAS (perfluorerte sambindingar) på flystasjonane.
Forsvarsbygg har i løpet av 2021 miljøsanert to skyte- og øvingsfelt. I tillegg er det i gang kartlegging og prosjektering av tiltak i fleire felt, med planlagd sanering i perioden 2022–2024. Felta som er rydda/sanerte, er Nyborgmoen i Nesseby kommune i Troms og Finnmark og Brettingen i Indre Fosen kommune i Trøndelag. For sistnemnde felt vart det våren/sommaren 2021 gjennomført sanering av forureina område. Tiltaket legg til rette for avhending og sivil etterbruk av området. Forsvarssektoren har i tillegg gjennomført ei rekkje strandryddeaksjonar.
Det blir lagt vekt på at eigedommane til forsvarssektoren skal forvaltast på ein måte som gjer at naturmiljø og naturmangfald blir tekne vare på. Det betyr at sektoren legg til rette aktivitetar slik at trua og nær trua artar og naturtypar blir bevarte. Sektoren bidreg mellom anna i oppfølginga av nasjonale strategiar og tiltaksplanar knytte til å vareta naturmangfald. Forsvarets miljøoffiserar og kompetansemiljø i etatane legg ned ein omfattande innsats for å redusere skadar på miljøet under utdanning og øvingar som under Cold Response 2022, og dei samarbeider i samband med dette tett med sentrale og lokale styresmakter.
Forsvarssektoren ved Forsvarsbygg har i perioden gjennomført ei rekkje skjøtsels- og restaureringstiltak for naturen. Mellom anna har ein gjennomført slått for å restaurere enger, tilpassa skjøtsel som fremjar pollinatorvennlege vekstar og rydda vekk framande artar på mange av lokasjonane til forsvarssektoren. Forsvarsbygg har ei eiga rettleiing for handtering av framande artar, som gjev eit oversyn over kva for artar sektoren prioriterer å rydde vekk, og råd om korleis dette skal gjennomførast.
Dei 14 nasjonale festningsverka til forsvarssektoren og fleire grensefestningsverk er attraktive arenaer for historie- og kulturformidling, reiseliv og rekreasjon. I 2021 vart landsverneplan fase 2 stadfesta av FD. Dette inneber vern av eit utval bygningar og anlegg frå den kalde krigen. Dei fleste kulturhistoriske bygningane i aktive leirar er i bruk av Forsvaret. Forsvarsbygg har utarbeidd ei rettleiing i berekraftig utvikling av festningane som blir implementert i forvaltninga i løpet av 2022, irekna godkjent ein landsverneplan del II for etablissement bygde etter 1945.
Plan for vidare arbeid
I gjeldande langtidsplan for forsvarssektoren går det fram at forsvarssektoren skal arbeide samla for å tilpasse infrastruktur og materiell i takt med endra klima, redusere klimaavtrykket, minimere negativ miljøpåverknad og vareta natur- og kulturverdiar knytte til dei samla aktivitetane i sektoren.
Regjeringa la 8. april 2022 fram stortingsmeldinga om prioriterte endringar, status og tiltak i forsvarssektoren (Meld. St. 10 (2021–2022)). Her går det mellom anna fram at forsvarssektoren skal vere ein aktiv bidragsytar i det nasjonale arbeidet med utsleppskutt og skal samstundes tilpasse seg eit potensielt endra trusselbilete drive fram av klimaendringar.
Sektoren skal bidra breitt til at dei nasjonale klima- og miljøpolitiske måla kan nåast, og etatane i sektoren vil gjennomføre ei rekkje miljøtiltak i det kommande året. Dette går mellom anna fram av årsrapportane til etatane. Implementeringa av tiltak som resultat av den ovannemnde klima- og miljøstrategien blir viktig for forsvarssektoren framover og vil kunne styrkje bidraget frå forsvarssektoren til eit betre miljø og klima. Det blir lagt opp til eit integrert samarbeid mellom forsvarsetatane. Dette vil gje ei god og heilskapleg breidd i klima- og miljøarbeidet til forsvarssektoren.
8.1.5 Helse- og omsorgsdepartementet
Miljøområde, miljømål og miljøutfordringar
Helsedirektoratet, Folkehelseinstituttet og statsforvaltarane er rådgjevarar for sentrale og lokale helsestyresmakter, greier ut og tek del i overvakinga av miljøforureining. Etter folkehelselova har kommunane ansvar for å sikre befolkninga mot skadelege faktorar i miljøet.
Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA) har direktoratsoppgåver for Klima- og miljødepartementet innanfor området radioaktiv forureining og anna stråling i det ytre miljøet. DSA har vidare ansvar for fagleg utgreiingsarbeid, for tilsyn med radioaktiv forureining og for å koordinere nasjonal overvaking av radioaktiv forureining i det ytre miljøet, i tillegg til internasjonale oppgåver.
Mattilsynet arbeider for miljøvennleg produksjon av trygge næringsmiddel og trygt drikkevatn. Éi-helse-perspektivet, der folkehelse, plante- og dyrehelse og omsynet til miljøet blir sett i samanheng, er grunnleggjande i matforvaltninga.
Arbeid med klima og miljø i spesialisthelsetenesta
Helse- og omsorgsdepartementet forvaltar staten sin eigarskap av dei regionale helseføretaka, som igjen er eigar av helseføretaka i landet. Som det blir uttrykt i Meld. St. 8 (2019–2020) Statens direkte eierskap i selskaper – Bærekraftig verdiskaping, er staten oppteken av at verksemda til selskapa er ansvarleg. Det inneber å identifisere og handtere risikoen selskapet påfører menneske, samfunn og miljø. Omsynet til berekraft og ansvarleg verksemd er reflektert i forventningane staten har til selskapa, og korleis staten følgjer opp selskapa.
Departementet har i styringsbodskapen til dei regionale helseføretaka bede om at spesialisthelsetenesta har ei heilskapleg tilnærming til klima- og miljøutfordringane. Miljøarbeidet i spesialisthelsetenesta blir koordinert gjennom eit samarbeidsutval mellom dei fire helseregionane. Alle dei regionale helseføretaka er representerte med ein medlem i samarbeidsutvalet. I tillegg har Sjukehusbygg HF, Sjukehusinnkjøp HF, vernetenesta og tillitsvalde ein representant kvar. Dei fire regionane har også kvar si miljøfaggruppe der alle helseføretak er representerte.
Rapport for 2021/2022
Styra i dei fire helseregionane vedtok i 2021 felles klima- og miljømål for spesialisthelsetenesta. Spesialisthelsetenesta skal bidra til å stoppe klimaendringane, og innan 2030 skal sjukehusa ha redusert direkte utslepp frå eiga drift med 40 pst. Det langsiktige målet er klimanøytral sjukehusdrift innan 2045. Klimanøytralitet inneber at verksemda ikkje slepper ut meir klimagass i atmosfæren enn det verksemda greier å fange opp eller fjerne. Måla er forankra i FNs berekraftsmål.
Det blir årleg utarbeidd ein felles årsrapport for samfunnsansvar i spesialisthelsetenesta, «Spesialisthelsetjenestens rapport for samfunnsansvar». Rapporten omhandlar klima og miljø, menneskerettar, arbeidstakarrettar og antikorrupsjon. Rapporten er utarbeidd av interregionalt samarbeidsutval for klima og miljø i spesialisthelsetenesta og omfattar helseføretaka i dei fire regionane og dei felleseigde selskapa (Sjukehusbygg HF, Sjukehusinnkjøp HF, Luftambulansetenesta HF, Helsetenestas driftsorganisasjon for nødnett HF og Pasientreiser HF).
Planar for vidare arbeid
Verkemiddel for at befolkninga skal følgje kosthaldsråda
Samarbeidsavtalen mellom helsestyresmaktene og matvarebransjen (intensjonsavtalen om tilrettelegging for et sunnere kosthold) er forlengd, og ny avtaleperiode starta 1. januar 2022. Nytt i denne avtaleperioden er at det er sett konkrete mål for auka sal av Nøkkelhòlsmerkte produkt, og at det er oppretta eit eige innsatsområde om påverknad av forbrukaråtferd. Avtalen varar til 31. desember 2025.
Helsedirektoratet har hovudansvaret for å kommunisere til befolkninga om kosthald. Dei har utvikla eit nytt og overbyggjande kommunikasjonskonsept for levevanane, kalla LEV. Kampanjen vart lansert 1. april 2022, og LEV hadde kosthald som tema i juni. I juli vil Helsedirektoratet støtte opp om kampanjen «NM i sunn mat i farta – #MerAv». Kampanjen har som mål at fleire skal ete meir frukt og grønsaker, grove kornprodukt og fisk. Helsedirektoratet vil køyre Nøkkelhòlskampanje hausten 2022.
Berekraft er blitt inkludert som eit viktig element i det nasjonale kosthaldsprogrammet Fiskesprell. I Matjungelen, som er eit aktivitetsprogram for barnehage og SFO, står også mat som er bra for både kroppen og kloden, sentralt.
Halde ved like og vidareutvikle oppfølgingspunkt i Nasjonal handlingsplan for betre kosthald
I 2023 kjem det oppdaterte nordiske kostråd. I tillegg til ei oppdatering av råda frå ein helsefagleg ståstad skal klima- og miljøomsyn takast omsyn til der det finst vitskapleg grunnlag for det.
Regjeringa ønskjer å gradvis innføre eit dagleg sunt, enkelt skulemåltid som det blir jobba med å greie ut moglegheitene for.
Statistisk sentralbyrå skal lansere første del av ny kosthaldsstatistikk på kosthaldsområdet i september 2022. Den nye statistikken vil gjere det enklare å følgje utviklinga i kosthaldet og vil ha høg presisjon. Målet er at statistikken skal kunne gjevast ut på årleg basis, som del av offisiell statistikk.
Kommunar og fylke er sentrale i arbeidet for å påverke og leggje til rette for gode matval og sunt kosthald. Miljødirektoratet og Helsedirektoratet leverte si anbefaling om moglege modellar og kostnadsberekninga for styrkt tverrsektorielt samarbeid for tilrettelegging av eit sunt, berekraftig og klimavennleg kosthald i fylke og kommunar 24. juni 2022. Helse- og omsorgsdepartementet vil, i samarbeid med Klima- og miljødepartementet, vurdere anbefalingane og vidare oppfølgingstiltak.
Styrking av Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA) og oppretting av ein teknisk støtteorganisasjon (TSO)
I budsjettet for 2023 blir DSA styrkt med 10 mill. kroner over Helse- og omsorgsdepartementets budsjett. Midlane skal gå til etablering av ein teknisk støtteorganisasjon (TSO) og til auka kapasitet i DSA til råd og rettleiing knytte til dekommisjonering etter norsk nukleær verksemd. Det skal leggjast særleg vekt på etableringa av TSO. Etableringa av ein teknisk støtteorganisasjon innan strålevern og atomtryggleik er i tråd med anbefalingar frå Det internasjonale atomenergibyrået (IAEA). TSO-en skal bestå av ekspertar som skal gje råd til DSA i samband med dekommisjoneringsprosessen. Dette inneber også å gje råd på område knytte til handtering av radioaktivt avfall og forureining når det er relevant, noko som fell inn under Klima- og miljødepartementets ansvarsområde.
Spesialisthelsetenesta
I føretaksmøtet i januar 2022 stilte Helse- og omsorgsdepartementet krav til dei regionale helseføretaka knytt til det vidare arbeidet med klima og miljø. Dei regionale helseføretaka vart her bedne om å dokumentere årleg status i arbeidet med å nå dei langsiktige måla innan klimaområdet gjennom rapporten om samfunnsansvar frå spesialisthelsetenesta. Det vart også stilt krav om at desse helseføretaka skal bidra i arbeidet med ein nasjonal analyse av sårbarheit og tilpassingsbehov relaterte til klimaendringar og helse. Dette er ei oppfølging av at Noreg slutta seg til helseprogrammet til FNs klimakonferanse i Glasgow, COP26.
Helseføretaka vil i tillegg til felles mål føre vidare lokale miljømål i verksemda. Dei regionale helseføretaka vil årleg følgje opp felles mål og utvikling i kvart enkelt helseføretak.
8.1.6 Justis- og beredskapsdepartementet
Svalbard
Det stortingsforankra målet om å bevare Svalbards særeigne villmarksnatur ligg til grunn for miljøvernpolitikken på Svalbard. Svalbardmiljølova av 15. juni 2001 med tilhøyrande føresegner medverkar til måloppnåinga.
Ein stor del av verksemda til Sysselmeisteren på Svalbard er knytt til miljøvernrelatert arbeid. I organisasjonen til Sysselmeisteren er det samla både politifagleg og miljøvernfagleg ekspertise. Dette legg til rette for ei effektiv etterforsking av miljøkriminalitet og for eit godt fagleg informasjonsarbeid.
Lokalt er svalbardmiljølova med føresegner viktige verktøy for å vareta miljømåla. Ei viktig oppgåve for Sysselmeisteren er å halde oppsyn med og avdekkje eventuelle brot på føresegnene om vern av Svalbards natur- og kulturmiljø. Dokumentasjon av utviklinga innan ferdsel og anna verksemd er viktig for å målrette tiltak. Sysselmeisteren legg vekt på rask og effektiv etterforsking og oppklaring av moglege straffbare forhold. Svalbard og Longyearbyen vil på grunn av auka aktivitet bli viktigare som base for beredskap mot forureining. Kystverket har ansvaret for oljevernberedskapen i området, med Sysselmeisteren som lokal ressurs. Lange avstandar og arktisk klima gjer det vanskeleg å handtere oljeutslepp i området. Førebyggjande tiltak for å unngå slike hendingar er difor svært viktige, mellom anna det innførte forbodet mot bruk av tungolje som drivstoff i territorialfarvatnet. For å redusere risikoen for hendingar med miljøskade til følgje er det ei statleg losteneste for all skipsfart i farvatna på Svalbard på same måten som på fastlandet.
I samband med behandlinga av Meld. St. 32 (2015–2016) Svalbard bad Stortinget om at det vart sett i gang ei brei utgreiing av moglegheitene for framtidig energiforsyning på Svalbard, basert på berekraftige og fornybare løysingar, jf. Innst. 88 S (2016–2017). Ei ekstern utgreiing er gjennomført og kvalitetssikra av Olje- og energidepartementet og NVE. Det er òg gjennomført tilleggsvurderingar, mellom anna av energiløysingar i ein overgangsfase mellom det noverande kolkraftverket og ei ny, langsiktig løysing. Ein legg opp til at kolkraftverket blir fasa ut og avvikla til fordel for eit nytt kraftvarmeverk med ei gradvis og forsvarleg innfasing av meir fornybar energi, i kombinasjon med auka satsing på energieffektivisering. Energiløysinga vil vere sikrare og meir klimavennleg enn løysinga i dag.
Longyearbyen lokalstyre har ansvaret for energiforsyning i Longyearbyen og eig kolkraftverket og infrastruktur som er knytt til kraftverket. I løpet av 2022 skal Longyearbyen lokalstyre utarbeide ein konkret energiplan for Longyearbyen og levere han til Olje- og energidepartementet. Premissane for planen er at fornybar energi skal fasast inn raskast mogleg med mål om at fornybare løysingar skal utgjere hovudforsyninga.
Den endra situasjonen i verda har gjort tilgangen på kritiske råvarer usikker og endra markedssituasjon for blant anna industrikol. Med bakgrunn i dette har styret i Store Norske bestemt å forlenge drifta av Gruve 7 til sommaren 2025. Kolet i den forlenga perioden skal brukast til industriproduksjon. Avgjerda gjer at Store Norske får tatt ut dei tilgjengelege kollreservane i Gruve 7 på forretningsmessig grunnlag. Noreg må ta sin del av ansvaret for sikker forsyning av råvarer. Staten som eigar motset seg difor ikkje ein forlenga drift til juli 2025 på bestemte vilkår. På denne bakgrunn er det heller ikkje behov for løyvingar til drifta av Gruve 7 i 2023.
Politi- og lensmannsetaten
Dei viktigaste oppgåvene politiet har innanfor miljøvern, er å kjempe mot miljøkriminalitet gjennom førebyggjande verksemd, etterforsking med høg kvalitet og adekvat reaksjon. Som det kjem fram i stortingsmeldinga om miljøkriminalitet (Meld. St. 19 (2019–2020)), inneber førebygging på miljøområdet særleg gjensidig informasjonsdeling med relevante samarbeidsaktørar, slik at alle kan setjast i stand til å setje i verk nødvendige tiltak på eige ansvarsområde. Politiets samarbeidspartnarar i miljøforvaltninga må difor involverast både lokalt og sentralt.
Når det gjeld avdekking av miljøkriminalitet, vil regjeringa føre vidare felles aksjonar mellom politi og miljøstyresmakter og vurdere bruk av slike aksjonar på fleire miljøkriminalitetsområde enn i dag. Tolletaten vil også måtte inngå i eit slikt samarbeid ved grensekryssande kriminalitet.
8.1.7 Kommunal- og distriktsdepartementet
Beskriving av miljøområde, miljømål og miljøutfordringar
Målet med regional- og distriktsregionalpolitikken til regjeringa er regional balanse gjennom vekstkraft, likeverdige levekår og berekraftige regionar i heile landet. Ein berekraftig region har ei balansert befolkningssamansetjing og forvaltar menneskelege ressursar og naturressursar for utvikling og verdiskaping no og i framtida.
Berekraft er omtalt i dei overordna planane og strategiane til fylkeskommunane, til dømes dei regionale planane, som styrer verksemda til fylkeskommunane.
Areal- og samfunnsplanlegging etter plan- og bygningslova kan vere med på å avgrense utslepp av klimagassar. Det er viktig å planleggje for eit avgrensa transportomfang når kommunane vedtek lokaliseringa av bustader og anna utbygging. Klimavennleg lokalisering dreier seg om å få til ei kompakt utbygging og å satse på utbygging langs kollektivaksar og knutepunkt. Dette er viktige føresetnader for at klimavennleg transport skal bli eit føretrekt transportalternativ. For storbyane er nullvekstmålet viktig. Her er avtalane om byvekst eit sentralt verkemiddel. Planlegginga må òg ta omsyn til verknadene av eit klima i endring og til korleis naturen blir påverka av dette, når kommunane planlegg for arealbruken.
Kommunal- og distriktsdepartementet har ansvar for byggje- og eigedomspolitikken i statleg sivil sektor. Måla for politikken er
at statlege verksemder har effektive lokale som støttar formålet til verksemdene
at statleg eigedomsforvaltning er verdibevarande, berekraftig og effektiv
Bygg- og eigedomsnæringa er den nest største næringa i Noreg. Staten er ein stor aktør innanfor denne næringa, både som eigar og leigetakar i marknaden. Statsbygg forvaltar ein stor del av den statlege eigedomsmassen og gjev råd til andre statlege verksemder med behov for lokale. Statsbygg skal sørgje for ei berekraftig og effektiv forvaltning av eigedommane. I byggjeprosjekta gjev Statsbygg råd til oppdragsdepartementa om til dømes energiløysing, miljøambisjon og arealeffektivitet. Statsbygg gjev òg råd i leigesaker om til dømes miljøkvalitetar, og dei skal i rådgjevinga leggje vekt på lokalisering som gjev låg miljøbelastning. Mange av berekraftsmåla har innverknad på dette arbeidet, og berekraftsmåla skal difor vere eit element i arbeidet til Statsbygg. På det viset kan staten vere ein pådrivar for berekraftig utvikling i bygg- og eigedomsnæringa.
Statsbygg skal vareta viktige omsyn som energi, miljø og klima innanfor alle verksemdsområde, i medhald av tildelingsbrevet frå Kommunal- og distriktsdepartementet. Høg miljøfagleg kompetanse er ein føresetnad for å kunne redusere klimagassutslepp og skal vere rettleiande ved lokaliserings- og konseptval, i byggjeprosessen og i eigedomsforvaltninga.
Ein ny strategi for bygg og eigedom i statleg sivil sektor «Ei berekraftig, kostnadseffektiv og samordna bygg- og eigedomsforvaltning» vart lagd fram i 2021. Strategien inneheld 13 ambisjonar og 45 tiltak som departementet er i gang med å implementere. Ambisjonane og tiltaka er lagde fram for Stortinget. Tiltak som omhandlar redusert klimafotavtrykk, utvikling av metodikk for måling av klima- og miljøpåverknad, fossilfrie byggjeplassar, reduserte klimagassutslepp frå materiale, ombruk av byggjemateriale, reduksjon av byggjeavfall og auka attvinningsgrad, er særleg relevante for klima- og miljøområdet.
Det har blitt utarbeidd felles klima- og miljøambisjonar for bygg og eigedom i statleg sivil sektor i Meld. St. 13 (2020–2021) Klimaplan for 2021–2030. Ambisjonane gjeld for staten som byggherre, eigedomsforvaltar og leigetakar. Strategien for bygg og eigedom i statleg sivil sektor byggjer på ambisjonane i klimaplanen. Ei utfordring er at den statlege byggje- og eigedomspolitikken i liten grad er samordna mellom departementa. Kommunal- og distriktsdepartementet arbeider med å skape eit meir samordna forvaltningsmiljø og eit felles rammeverk som dei ulike eigedomsforvaltarane skal halde seg innanfor. Dette er forankra i strategien for bygg og eigedom.
Statlege verksemder skal lokaliserast etter prinsipp i statlege planretningslinjer for samordna bustad-, areal- og transportplanlegging. Planretningslinjene ligg til grunn når staten byggjer, kjøper eller leiger lokale for verksemder.
Bygg- og anleggsnæringa står for ein stor del av klimagassutsleppa og om lag 29 pst. av avfallet i Noreg. Byggjenæringa har eit stort potensial for å kutte utsleppa, mellom anna ved å nytte klimavennleg materiale og ombruk av byggjevarer. Bygningsregelverket skal sørgje for at bustader og bygg er sikre, energieffektive og miljøvennlege. Å fremje berekraftig byggjeverksemd er ei prioritert oppgåve for Direktoratet for byggkvalitet (DiBK). I tillegg gjev Husbanken lån til å oppgradere bustader og byggje miljøvennlege bustader.
Rapport for 2021/2022
Kommunal- og distriktsdepartementet forvaltar to tiltak under distrikts- og regionalpolitikken som har miljø i målsetjinga si og/eller rapporterer på miljøeffektar. Investeringstilskot for store grøne investeringar er ei investeringsordning retta mot berekraftige industriprosjekt med mål om klimaomstilling. Ordninga har krav om 100 pst. andel prosjekt med positiv miljøeffekt. Mobiliserande og kvalifiserande næringsliv har tiltak for utvikling av næringslivet. Rapportering syner at 49 pst. av dei prosjekta som får stønad frå Innovasjon Noreg, har ein positiv miljøeffekt.
For alle næringsretta ordningar kan det vere målkonfliktar mellom økonomisk vekst og klima og miljø. Auka produksjon og auka investeringar fører med seg arealbruk, innsatsfaktorar (ressursbruk) og klimagassutslepp. Samstundes kan investeringar som medverkar til grøn omstilling, redusere energibruken per produksjon, endre produksjonslinjer til lågutsleppsløysingar, redusere ressursbruken per konsumeining (mellom anna gjennom sirkulære verdikjeder) og utvikle lågutsleppsløysingar og energiløysingar for vidare sal.
I 2021 lanserte Kommunal- og distriktsdepartementet strategien for bygg og eigedom i statleg sivil sektor «Ei berekraftig, kostnadseffektiv og samordna bygg- og eigedomsforvaltning». Strategien inneheld fire ambisjonar om klima, miljø og energi, og han peiker på tiltak som vil bidra til å nå ambisjonane. Departementet er i gang med å implementere tiltaka i 2022.
I 2021 var klimagassutsleppa i byggjeprosjekt gjennomførte av Statsbygg reduserte med 28 pst. målte mot minstekrav i byggteknisk forskrift. Berekninga inkluderer utslepp frå materiale og frå energi i drift over dei normerte livsløpa til bygga på 60 år. Omtrent 50 pst. av bygningsarealet i porteføljen til Statsbygg blir bygd etter miljøklassifisering BREEAM «excellent» og «very good».
Statsbygg gjennomførte i 2021 ei rekkje tiltak for ei meir berekraftig eigedomsforvaltning. Det vart installert 6 000 kvadratmeter solcellepanel på taket av Halden fengsel, Høgskulen i Halden og på kontrollstasjonen ved Svinesund. Andelen lokalprodusert fornybar solenergi i eigedomsporteføljen utgjorde 0,3 pst. av samla forbruk i 2021. Krava frå Kommunal- og distriktsdepartementet til energibruk per kvadratmeter i eigedomsporteføljen vart også innfridde. Dette kan delvis komme av lågare aktivitet som følgje av pandemien.
I dei leigeavtalane Statsbygg har vore rådgjevar for, har areal per tilsett blitt redusert med 53 pst. i 2021. Arealeffektivisering medverkar til redusert energibruk, klimagassutslepp og utbyggingspress i byar og tettstader.
Statsbygg har samarbeidd med Oslo kommune, Pådriv og Resirqel om etablering av ein ombrukssentral for byggjevarer på Økern. Sirkulær Ressurssentral er venta å starte opp i løpet av 2022 og blir den største ombrukssentralen i Europa. Sentralen bidreg til å auke ombruk av byggjemateriale og redusere byggjeavfallet frå byggjenæringa.
Kommunal- og distriktsdepartementet vedtok 29. mai 2022 endringar i Byggteknisk forskrift (TEK17) (og tilhøyrande endringar i byggjesaksforskrifta) som skal vere med på å redusere klima- og miljøavtrykket frå bygg. TEK17 skal mellom anna sikre at bygg oppfyller tekniske krav til sikkerheit, miljø, helse og energi. TEK17 har krav om at bygg skal byggjast, driftast og rivast på eit vis som gjev minst mogleg belastning på naturressursar og det ytre miljøet. Endringane inneheld mellom anna krav om at nye bygg skal byggjast slik at dei seinare kan demonterast, at materiale kan kartleggjast for ombruk ved større arbeid i eksisterande bygg, og at kravet til sortering av avfall på byggjeplass aukar frå 60 til 70 pst. Det er no òg sett krav om klimagassrekneskap for bustadblokker og yrkesbygg.
DIBK har fått i oppdrag å utarbeide eit kunnskapsgrunnlag om klimagassutslepp frå bygging, korleis klimagassutsleppa kan reduserast, og korleis dette verkar på byggjekostnadene.
Den 1. juli 2022 vart forskrift om dokumentasjon av byggevarer (DOK) endra, slik at det blir enklare å få tak i dokumentasjon på eigenskapane til brukte byggjevarer. Endringane inneber at utbyggjaren som skal bruke byggjevara, eller aktørar som bringar vidare brukte byggjevarer, kan få tak dokumentasjonen, heller enn at seljaren må gjere dette. Dette er ei meir fleksibel ordning som opnar for grøn vekst i marknaden for brukte byggjevarer.
DIBK driftar sekretariatsfunksjonen til Samordningsrådet for digitalisering som vart etablert i 2021. Formålet med rådet er å leggje til rette for effektive prosjekterings- og byggjeprosessar, berekraftig forbruk, ombruk og digitalisering. Rådet skal arbeide for at bygg- og anleggsnæringa har god flyt av digitale og maskinleselege varadata. Det vil gjere at ein kan lage betre klimarekneskap for bygg, gjere ombruk av byggjevarer enklare og at det blir mindre avfall frå byggjeprosessar.
Plan for vidare arbeid
Kommunal- og distriktsdepartementet skal følgje opp klima- og miljøambisjonar for bygg- og eigedomspolitikken. Desse er forankra i både klimaplanen, nasjonal strategi for ein grøn sirkulær økonomi og strategi for bygg og eigedom.
Kommunal- og distriktsdepartementet arbeider vidare med å samordne den statlege byggje- og eigedomspolitikken for å sikre ei heilskapleg tilnærming til klima- og miljøpolitikk.
Meir digitalisering og produktdokumentasjon, betre modeller for livsløpsanalysar og meir sirkulærøkonomi står fram som lovande verkemiddel for å redusere utsleppa frå byggsektoren.
Hurdalsplattforma slår fast at krava til byggnæringa skal skjerpast samstundes som det er eit mål å halde byggkostnadene så låge som mogleg. Kommunal- og distriktsdepartementet vurderer aktuelle verkemiddel for å balansere desse omsyna og vil setje i gang eit arbeid med å sjå krav i byggteknisk forskrift i samanheng med andre verkemiddel som gjev reduserte klimagassutslepp.
Regjeringa vil frå 2023 gje Husbanken i oppdrag å støtte energitiltak for hushald med låg inntekt. Oppdraget blir finansiert ved overføring av 200 mill. kroner av Enovas årlege løyving til Husbanken. Midlane skal brukast til å gje stønad til energitiltak i kommunale utleigebustader for vanskelegstilte i bustadmarknaden.
8.1.8 Kulturdepartementet
Beskriving av miljøområde, miljømål og miljøutfordringar
Bevarings- og formidlingsarbeidet til musea bidreg til å spreie kunnskap om og oppleving av samanhengar og endringar i dei natur- og kulturbaserte miljøa som omgjev oss. Museumssektoren forvaltar kulturminne i form av bygningar og anlegg.
Mange museum forvaltar handlingsboren kunnskap og immateriell kulturarv. Interessa for slik kunnskap er aukande i vår tid, no som berekraft og samspel mellom natur og kultur er sette på dagsordenen for alvor. Musea har ei viktig rolle i dette arbeidet framover, ikkje minst sett i lys av berekraftsmåla. Berekraftsmåla krev felles innsats frå styresmakter, sivilsamfunn, privat sektor og akademia i alle land.
Meld. St. 23 (2020–2021) Musea i samfunnet. Tillit, ting og tid vart behandla i Stortinget juni 2021. I Innst. 573 S (2020–2021) var det ei brei politisk semje om retninga for museumspolitikken framover.
Med tilvising til Meld. St. 16 (2019–2020) Nye mål i kulturmiljøpolitikken – Engasjement, bærekraft og mangfold blir det sagt i museumsmeldinga at musea kan spele ei viktig rolle i arbeidet med å nå målet om å ta vare på eit mangfald av kulturmiljø som grunnlag for kunnskap, opplevingar og bruk. Bygningsvernundersøkinga frå 2019 som er gjennomført i samband med museumsmeldinga, vil vere ein del av kunnskapsgrunnlaget for å sikre eit godt samarbeid i forvaltninga av bygningsarven ved musea. Vidare viser undersøkinga at det er eit stort etterslep på istandsetjing og restaurering av kulturhistoriske bygningar som musea forvaltar, særleg sett i lys av dei globale klimaendringane.
Rapport for 2021/2022
Rapporteringa frå musea til Kultur- og likestillingsdepartementet for 2021 viser at mange museum har avdelingar med Miljøfyrtårnsertifisering. Fleire museum deltek i samarbeid med kommunen om merket for berekraftige reisemål frå Innovasjon Noreg, og andre samarbeider på same måten om sertifisering som Fairtrade-kommune. Nesten alle musea har ei eller anna form for energisparingstiltak eller andre tiltak for å redusere klimagassutslepp.
Dei fleste musea driv også formidling om klima og miljø eller FNs berekraftsmål, gjennom utstillingar, pedagogiske tilbod og samarbeidsprosjekt. Enkelte museum har knytt forskings- og dokumentasjonsarbeid til desse temaa.
Norsk kulturråd forvaltar tilskotsordninga for sikringstiltak ved musea. Over denne ordninga, som blir finansiert over spelemidlane, vart det for 2021 gjeve tilskot for om lag 9,3 mill. kroner til 31 sikringstiltak ved i alt 24 museum. Det blir gjeve tilskot til å førebyggje øydeleggingar ved mellom anna brann, tjuveri, hærverk og naturskade. Kostnadskrevjande tiltak for brannsikring vart i stor grad prioriterte også for tildeling i 2021.
Planar for det vidare arbeidet innanfor sektoren
I Meld. St. 23 (2020–2021) Musea i samfunnet. Tillit, ting og tid inngår oppfølgingspunkt 5.6.4. «styrke museets arbeid med handlingsbåren kunnskap og annen immateriell kulturarv « og 8.7.4: «innretta ei særleg satsing for heilskapleg ivaretaking av bygningsarven».
Kultur- og likestillingsdepartementet legg til grunn at kunnskapen musea har om materialbruk, tradisjonshandverk og tradisjonelle former for samspel mellom kultur og natur, bør vidareutviklast for å komme storsamfunnet til gode på fleire måtar. Musea har eit viktig samfunnsansvar i dette arbeidet. Tradisjonskunnskap knytt både til kultur- og naturarv kjem ikkje minst til nytte i samtida – i utviklinga mot ei meir berekraftig framtid. Kunnskapen om arbeidet til musea med den immaterielle kulturarven er fragmentert og lite systematisk, og departementet ønskjer at det framover blir lagt til rette for auka kunnskapsutvikling på dette området.
Regjeringa vil vidare innrette ei særleg satsing for ivaretaking av bygningsarven. Som ein del av dette arbeidet må det gjerast grundige prioriteringar på tvers av musea og gjennom regional og nasjonal samordning. Dette må også sjåast i samanheng med klimaendringar og konsekvensen av desse for bygningsmassane.
Grønt vegkart for kunst- og kultursektoren
I mars 2021 lanserte Virke kultur og opplevelse, Virke Produsentforeningen, Norske Konsertarrangører, Norsk teater- og orkesterforening og Norske kulturhus «Grønt veikart for kunst- og kultursektoren». Vegkartet er eit overordna strategidokument for korleis kvar enkelt kan gjere kultursektoren grønare og meir berekraftig. Vegkartet set dagsordenen med overordna, anbefalte grep for at heile sektoren skal lykkast med grøn omstilling.
Kultur- og likestillingsdepartementet sluttar seg til at det er viktig at også kultursektoren arbeider aktivt for å nå klimamåla til regjeringa. Kultur- og likestillingsdepartementet vil i samarbeid med Klima- og miljødepartementet vurdere vidare oppfølging av vegkartet.
8.1.9 Kunnskapsdepartementet
Målet for Kunnskapsdepartementet (KD) sitt arbeid på klima- og miljøområdet er at utdanning og forsking skal medverke til berekraftig utvikling og omstilling til lågutsleppssamfunnet gjennom utvikling og formidling av kunnskap som bidreg til ny innsikt, gode løysingar og folk med gode dugleikar.
Formidling av kunnskap og gode haldningar til miljøet er ein integrert del av det pedagogiske opplegget i barnehagane og skulane. Grunnlaget for gode haldningar blir skapt i oppveksten, og det er difor viktig at natur og miljø også er ein naturleg del av barnehagane og skulane.
Regjeringa har som mål å bidra til dei store utfordringane samfunnet står overfor, gjennom utdanning og forsking. Kunnskapsdepartementet støttar opp rundt miljøforsking gjennom ulike satsingar og program i Forskingsrådet. I tillegg er ei klima- og miljørelevant forsking ei sak universiteta og høgskulane prioriterer gjennom grunnløyvinga deira frå Kunnskapsdepartementet.
Rapport for 2021/2022
Kunnskapsdepartementets målretta innsats på klima og miljø var om lag 1,7 mrd. kroner i 2021. Kunnskapsdepartementet bidreg gjennom fleire av verkemidla Forskingsrådet har, til dømes store program som KLIMAFORSK, ENERGIX, og til Senter for Klimadynamikk ved Bjerknes-senteret i Bergen. Klima og miljø er sentrale tema i norsk polarforsking. Kunnskapsdepartementet finansierer programmet POLARPROG, i tillegg til forskingsinfrastruktur for polarforsking, der forsking på klima og miljø inngår. Det meste av norsk polarforsking skjer i Arktis og særleg på Svalbard og i Barentshavet. Raske klima- og miljøendringar i dei polare områda aukar behovet for kunnskap. Prosjektet «Arven etter Nansen» blir òg finansiert over Forskingsrådets budsjett, med tokt i sentrale og nordlege delar av Barentshavet. Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom dei sentrale norske forskingsinstitusjonane på feltet og er venta å gje kartlegging og forsking av høg kvalitet. «Arven etter Nansen» er eit seksårig prosjekt frå 2018 til 2023 og er Noregs største marine forskingsprosjekt med eit totalbudsjett på 740 mill. kroner. Kunnskapsdepartementets årlege bidrag er 60 mill. kroner.
Noreg heldt fram i EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, Horisont Europa, i 2021. Gjennom programmet har det vore fastsett eit mål at over 35 pst. av budsjettet skal bindast til å møte klimautfordringar.
Plan for vidare arbeid
Regjeringa legg fram Meld. St. 5 (2022–2023) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2023–2032 i samband med statsbudsjettet for 2023.
Langtidsplanen har tiårige mål og prioriteringar, med meir konkrete mål for innsatsen i den første fireårsperioden, der regjeringa forpliktar seg til å følgje opp prioriteringane i dei årlege statsbudsjetta. Etter at dei førre langtidsplanane vart lagde fram i 2014 og 2018, har verda endra seg, blant dei tre overordna hovudmåla for den nye langtidsplanen er miljømessig, sosial og økonomisk berekraft. Dermed er berekraftsmåla flytta opp i målbiletet frå tidlegare langtidsplanar, irekna klima, miljø og miljøvennleg energi. Utdanning, forsking og innovasjon er viktige verktøy som kan hjelpe oss å nå klimamål, og er med dette ei viktig prioritering. Kunnskapsdepartementet vil halde fram med å støtte opp under miljøforsking gjennom ulike satsingar og program i Forskingsrådet og universitets- og høgskolesektoren generelt.
8.1.10 Landbruks- og matdepartementet
Beskriving av miljøområde, miljømål og miljøutfordringar
Norsk landbruk tilbyr forbrukarane mat som er produsert på ein helse- og miljøvennleg måte, forvaltar store innmarks- og utmarksområde med tilhøyrande natur-, kultur- og friluftsverdiar og forsyner samfunnet med fornybare byggjemateriale og energi. Berekraftig landbruk er eit av hovudmåla i politikken til Landbruks- og matdepartementet (LMD). Miljøsatsinga i jordbruket skal medverke til å redusere miljøbelastninga frå jordbruket og til å betre miljøtilstanden og auka skjøtsel og istandsetjing av kulturlandskapet frå jordbruket.
Berre 3,5 pst. av arealet i Noreg er jordbruksareal. Det er viktig å ta vare på gode jordbruksareal og matjorda. Samstundes må jordvernet balanserast mot behova til storsamfunnet. Den første nasjonale jordvernstrategien for å redusere omdisponeringa av dyrka jord vart laga i 2015. Førre gongen strategien vart revidert, var i 2021, og omdisponeringa har gått ned dei siste åra. Det er viktig å følgje opp den nye jordvernstrategien og oppmodingsvedtaket om å leggje fram ein ny jordvernstrategi våren 2023, med eit nytt og skjerpt mål for omdisponeringa av matjord og nye konkrete tiltak for å nå målet. Aktiv drift i landbruket er den viktigaste føresetnaden for å ta vare på kulturlandskapet. Kulturlandskap forma av landbruket er viktige for identitet og tilknyting. Kulturlandskapet gjev ei ramme for satsingar på kultur, lokal mat, friluftsliv, busetjing og turisme og er leveområde for mange artar av plantar og dyr.
Mangfaldet til og kombinasjonen av natur- og kulturverdiar i jordbrukslandskapet er ein karakteristisk og viktig del av landskapet i Noreg. Variasjonen i kulturlandskapet må haldast ved like, og ei målretta forvaltning kan bidra til å nå målet om å stoppe tapet av biologisk mangfald og ta vare på kulturminne. Dei kommunale miljøverkemidla og dei regionale miljøprogramma over jordbruksavtalen skal bidra til å nå dei nasjonale måla for det biologiske mangfaldet og kulturminna i kulturlandskapet. I tillegg er det viktig at kommunane forvaltar landskapsverdiane i den kommunale planlegginga og lagar planar som kan liggje til grunn for god forvaltning.
Reduksjon av vassforureining frå mellom anna avrenning av jord, næringsstoff og plantevernmiddel er ein viktig del av miljøarbeidet i landbruket. Samla gjennomføring av ulike jordarbeidingstiltak, grasdekte areal m.m. i kornområda har redusert erosjonsrisikoen på dei dyrka areala, men ikkje tilsvarande det som har vore den pårekna verknaden av tiltaka. Konklusjonane frå analyse av 25 år med overvakingsdata i JOVA-programmet til NIBIO er at nedbør og temperatur er dei viktigaste faktorane som bestemmer jord- og fosfortap, og at det er effekt av jordarbeiding på fosfortap og fosforkonsentrasjonar. Effekten er størst når det er mykje nedbør, stor avrenning og store jordtap. NIBIO viser til at jord- og fosfortap i eit nedbørfelt blir påverka av mange faktorar som bidreg til å tilsløre effekten av jordarbeiding. Temperatur, nedbør og avrenning er viktige faktorar, og særleg når det er vinterforhold, kan vêret vere avgjerande for kor store jord- og fosfortapa blir det enkelte året.
All matproduksjon startar med fotosyntesen. I utgangspunktet baserer difor all jordbruksproduksjon seg på omløp av CO2, vatn og næringsstoff. Jordbruksaktivitetar, særleg husdyrhald, er opphav til utslepp av klimagassar, hovudsakleg i form av metan (CH4) og lystgass (N2O). Det meste av metanutsleppa kjem frå dyra si fordøying, særleg drøvtyggjarane. Resten kjem frå lagring og spreiing av husdyrgjødsel.
Skogressursane i Noreg er tredobla siste hundreårsperioden som følgje av medviten ressursforvaltning. Skogbruket gjev grunnlag for næring og arbeidsplassar over heile Noreg, samstundes som skogen er ein del av løysinga på klimautfordringane. Skogen tek opp omtrent 40 prosent av dei samla norske klimautsleppa. Tilveksten i skogen er mykje større enn hogsten, noko som både gjev karbonbinding og auka høve til berekraftig bruk av ein miljøvennleg og fornybar ressurs.
Mange raudlista artar lever i skog og kulturlandskap. God kunnskap og oversikt over det biologiske mangfaldet er naudsynt, og skog- og miljøkunnskapen gjennom skogbruksplanlegging med miljøregistreringar er hovudplattforma for eit langsiktig og miljøvennleg skogbruk.
Rapport for 2021/2022
Miljøsatsinga i jordbruket er organisert under Nasjonalt miljøprogram, med nasjonale, regionale og lokale verkemiddel for å redusere erosjon og avrenning av næringsstoff, redusere utslepp til luft, hindre attgroing og ta vare på verdifulle kulturlandskap og naturtypar.
I 2021 vart det gjennomført tiltak på 20 692 føretak for 599 mill. kroner innanfor dei regionale miljøprogramma (RMP). I fylka Viken og Innlandet blir miljøtiltak over RMP gjennomførte på om lag 65 pst. av alle føretak som søkjer produksjonstilskot. Statistikken viser aukande oppslutning om RMP med aukande føretaksstorleik. På føretak over 250 dekar gjennomfører over 70 pst. miljøtiltak over RMP, på føretak over 1000 dekar er oppslutninga 88 pst.
Om lag 56 pst. av dei lokale midlane (Spesielle miljøtiltak i jordbruket) vart innvilga til tiltak for å fremje verdiar i kulturlandskapa, kulturmiljøa, naturmangfaldet og friluftslivet til jordbruket i 2021, medan 44 pst. av midlane gjekk til tiltak for å redusere forureining til vatn og luft. I tillegg samfinansierer landbrukssektoren og miljøsektoren ordninga Tilskudd til utvalgte kulturlandskap i jordbruket. 46 område som er eit representativt utval av verdifulle jordbrukslandskap som inneheld særskilde verdiar knytte til landskap, naturmangfald og kulturmiljø, er valde ut. Liknande samfinansiering er det for verdsarvområda Vestnorsk fjordlandskap og Vegaøyane, der verdiane i områda mellom anna er tilknytte kulturlandskapa til jordbruket som er avhengige av aktiv jordbruksdrift og skjøtsel.
Utsleppa av klimagassar frå jordbruket var i 2021 på 4,6 mill. tonn CO2-ekvivalentar og utgjorde om lag 9,3 pst. av dei samla norske utsleppa. Utslepp frå jordbruket har blitt redusert med 4,8 pst. frå 1990 til 2021. Redusert bruk av gjødsel og færre storfe grunna auka effektivitet i mjølkeproduksjonen er hovudårsakene til nedgangen i utsleppa frå jordbruket i denne perioden. Klimagassutsleppa frå jordbruket auka med 1,7 pst. frå 2020 til 2021, noko som i hovudsak blir forklart med auka husdyrproduksjon grunna pandemien.
I juni 2019 inngjekk regjeringa, Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag ein intensjonsavtale om klimamål for jordbruket. Avtalen handlar om utsleppskutt og auka opptak, som samla skal utgjere 5 mill. tonn CO2-ekvivalentar for perioden 2021–2030. Klimaavtalen med jordbruket seier at utslepp av dei enkelte klimagassane også skal gjevast opp gass for gass. Det er sett ned ei rekneskapsgruppe som skal følgje opp klimaavtalen med organisasjonane i jordbruket.
Stortinget fastsette i 2015 målet om at den årlege omdisponeringa av dyrka jord skal vere under 4 000 dekar. Regjeringa oppdaterte jordvernstrategien i 2021 og fastsette at årleg omdisponering av dyrka jord skal reduserast til 3 000 dekar innan 2025. For 2021 viser KOSTRA-tala frå SSB at det vart omdisponert 2 968 dekar dyrka jord til andre formål enn landbruk, og at ein kom under målet på 3 000 dekar for første gong. Dette er den lågaste omdisponeringa sidan ein starta denne registreringa i 1967. Omdisponeringa av dyrkbar jord var også rekordlåg i 2021 (2 642 dekar), noko som er den lågaste sidan KOSTRA-rapporteringa starta i 2005. I 2021 vart 194 dekar dyrka jord førte tilbake til landbruksformål, noko som er mindre enn dei to føregåande åra (356 og 367 dekar).
KOSTRA-tala viser ein vesentleg reduksjon i godkjent areal for nydyrking i 2021, men frå eit høgt nivå dei siste åra. I 2021 vart det gjeve løyve til å nydyrke om lag 18 100 dekar, mot 21 600 dekar i 2020, 28 100 dekar i 2019 og 24 900 dekar i 2018. Frå og med 2014 har i gjennomsnitt om lag 21 600 dekar blitt godkjende nydyrka årleg. I 2021 vart det gjeve dispensasjon til oppdyrking av 815 dekar myr, medan det vart gjeve avslag for 560 dekar. Dette er det første året vi har statistikk for dette.
Arbeid for å redusere både bruken og risikoen ved bruk av plantevernmiddel er ein viktig del av miljøarbeidet i landbruket. Ny handlingsplan for berekraftig bruk av plantevernmiddel vart fastsett i 2021. Handlingsplanen gjeld i perioden 2021–2025 og er ei revidert utgåve av planen som gjaldt i perioden 2016–2020. For 2021 vart det avsett 12 mill. kroner til å følgje opp handlingsplanen.
Som oppfølging av Nasjonal pollinatorstrategi er det utarbeidd ein tiltaksplan for ville pollinerande insekt (2021–2028). Tiltaksplanen beskriv igangsette og nye tiltak for sektorar dette gjeld.
Ein nasjonal strategi for urbant landbruk, utarbeidd av Landbruks- og matdepartementet i samarbeid med relevante sektorar, vart lagd fram februar 2021.
Bevaring og berekraftig bruk av genetiske ressursar er nødvendig for å sikre variasjon og unngå tap av sortar, artar og rasar. Svalbard globale frøkvelv er etablert av den norske regjeringa for sikker lagring av sikringskopiar av frøa i genbankane i verda. I 2021 vart totalt 50,926 nye frøprøvar sikra i frøkvelven, og på slutten av 2021 rommar frøkvelven totalt 1 125 419 frøprøvar frå 89 genbankar.
Den nasjonale strategien for bevaring og berekraftig bruk av genetiske ressursar for mat og landbruk vart fastsett hausten 2019, og det blir arbeidd med ein tiltaksplan for arbeidet med bevaring og berekraftig bruk av genetiske ressursar som vil operasjonalisere strategien. Tal frå 2021 viser at det framleis er ein positiv auke i talet på avlsdyr av dei bevaringsverdige husdyrrasane innan storfe, sau, hest og geit. Det vart innvilga tilskot i 2021 for 10,55 mill. kroner, fordelte på 58 prosjekt. Tilskot vart gjevne til tiltak som bidreg til å nå nasjonale mål og til å oppfylle Noregs internasjonale forpliktingar. Som tidlegare år gjekk fleire tilskot i 2021 til tiltak for å sikre genressursane på lang sikt. Døme på dette er tilskot til avlslag, bevaringsbesetningar og klonarkiv, som tek hand om trua husdyrrasar, og plante- og skogtregenetiske ressursar i samarbeid med Norsk genressurssenter.
Det er lagt ned omfattande innsats i å styrkje kunnskapen om skogbruk og det biologiske mangfaldet. Landbruks- og matdepartementet fører vidare denne innsatsen og gav også i 2021 støtte til vidare forsking og utgreiing i prosjektet Miljøregistreringer i Skog (MiS), som har utvikla eit standardisert og godt dokumentert opplegg for registrering av areal som er spesielt viktige for biologisk mangfald i skog. Det vart innvilga 4,550 mill. kroner til dette arbeidet for 2021. Registreringane gjev grunnlag for miljøomsyn i skogbruket.
Stortinget har vedteke at inndelings- og beskrivingssystemet Natur i Norge (NiN), som Artsdatabanken har ansvaret for, skal brukast ved offentleg kartlegging av natur. NiN er eit verktøy for å gjere greie for variasjon i naturen og sikrar mellom anna eit dokumentert og etterprøvbart kunnskapsgrunnlag til bruk i vurderingar av bruk og vern. NiN er teke i bruk i skogbruksplanlegginga.
Areal i økologisk drift utgjorde i 2021 om lag 4,2 pst. av det totale jordbruksarealet i Noreg. Omsetninga av økologiske landbruksvarer i daglegvarehandelen i 2021 var på 2,9 mrd. kroner. Dette er ein nedgang på 2 pst. frå året før, men ein auke på 14 pst. samanlikna med 2019. Dei to siste åra kan ikkje betraktast som «normale» år for omsetninga av daglegvarer, grunna koronapandemien som medførte stengde serveringsstader, avgrensingar og tiltak og auka sal av varer gjennom daglegvarehandelen. Dei største varekategoriane i daglegvarehandelen er tørrvarer, meieriprodukt, fersk frukt og grønt og drikkevarer.
Plan for vidare arbeid
I jordbruksoppgjeret 2022 vart det bestemt ei betydeleg styrking av klima- og miljøsatsinga i jordbruksavtalen. Det er viktig for regjeringa å vektleggje arbeidet med grøn omstilling og vareta eit berekraftig landbruk, både knytt til biobasert sirkulær økonomi, arbeid med miljøretta tiltak og reduksjon av klimagassar. Satsinga for året skal bidra til å følgje opp klimaavtalen med organisasjonane i jordbruket og arbeidet med å nå andre miljømål, til dømes innan vassmiljø og kulturlandskap. Vidare vart tiltak for å følgje opp Helhetlig tiltaksplan for Oslofjorden og beitetilskota også prioriterte. Totalt blir avsetninga til ordningar med klima- og miljøverknad auka med 1 660,8 mill. kroner frå 2022 til 2023. Vi viser til Prop. 120 S (2021–2022) for detaljar. Intensjonsavtalen om kutt i klimagassutslepp og auka opptak av karbon frå jordbruket skal leggjast til grunn for klimaarbeidet i jordbruket framover. Rekneskapsgruppa for klimaavtalen legg opp til første ordinære avrapportering i 2023.
Regjeringa vil opprette Bionova. Bionova skal vere eit verktøy for å nå klimamåla til Noreg for 2030 og målet om å vere eit lågutsleppssamfunn i 2050 gjennom å bidra til reduserte klimagassutslepp og auka karbonopptak og -lagring, samt å bidra til verdiskaping gjennom overgang til ein meir sirkulær bioøkonomi basert på fornybare biologiske ressursar frå land og hav. Sjå særskilt vedlegg Regjeringas klimastatus og -plan for meir informasjon om Bionova.
Departementet vil følgje opp arbeidet med genetiske ressursar, Svalbard globale frøkvelv og delta aktivt i dei aktuelle internasjonale prosessane under FNs organisasjon for mat og landbruk, FAO (Food and Agriculture Organization), og den Internasjonale traktaten for plantegenetiske ressurser for mat og jordbruk.
Det er tverrpolitisk semje i Noreg om å arbeide for å redusere matsvinnet. LMD fører vidare arbeidet med å førebyggje og redusere matsvinn, mellom anna gjennom bransjeavtalen om reduksjon av matsvinn med fire andre departement og matbransjen. Statistikk for matsvinn i landbrukssektoren blei rapportert inn for første gong for 2020 til den første hovudrapporteringa frå bransjeavtalen.
Den revidere handlingsplanen for berekraftig bruk av plantevernmiddel (2021–2025) vil følgjast opp.
LMD fører vidare tilskotsordninga med midlar til verdsarvsatsingane Vegaøyane og Vestnorsk fjordlandskap og utvalde kulturlandskap i jordbruket. Innanfor ramma av gjeldande finansiering til tilskot til tiltak i utvalde kulturlandskap i jordbruket vil det bli innlemma tre nye område i 2022 og to nye i 2023. Til saman vil talet på område omfatte 51 jordbrukslandskap over heile landet. Røros Bergstad og Cirkumferensen blir innlemma frå 2023 i tilskotsordninga med midlar til verdsarvsatsinga, da det er viktige landbruksområde både innanfor Røros Bergstad og i Cirkumferensen, som begge er innlemma i UNESCOs verdsarvliste. Med målretta tiltak og prioriteringar vil ein kunne styrkje landbruket og med det vareta internasjonale forpliktingar om å ta vare på verdiane i verdsarvområdet. Som følgje av dette blir løyvinga til verdsarvsatsinga over Jordbruksavtalen auka med 2 mill. kroner i 2023.
Departementet følgjer opp Nasjonal pollinatorstrategi og Tiltaksplan for ville pollinerende insekter på fleire måtar i verkemiddelsystemet i jordbruket. Frå 2019 er det tilrettelagt for tilskot til tilsåing og skjøtsel av soner med pollinatorvennlege blomstrar på jordbruksareal gjennom dei regionale miljøprogramma. Som oppfølging av den nasjonale pollinatorstrategien blir forskrift om tilskudd til frøavl m.m. utvida til å omfatte pollinatorvennlege frøblandingar, gjeldande frå juni 2022. I første omgang blir forskrifta utvida til å omfatte dei regionalt tilpassa artane som er under oppformeiring. Forskrifta blir innretta slik at artslista kan utvidast ved behov. Element frå strategien blir følgde opp gjennom ordningane Utvalgte kulturlandskap i landbruket, Handlingsplan for plantevernmidler, regionale miljøprogram, SMIL-ordninga og Klima- og miljøprogrammet. Norsk Landbruksrådgiving formidlar kunnskap om gode tiltak for pollinerande insekt til bønder i heile landet.
Nasjonal strategi for urbant landbruk blir følgd opp med tiltak innanfor dei tre innsatsområda berekraftig by- og stadutvikling, auka kunnskap om berekraftig matproduksjon og auka berekraftig verdiskaping og næringsutvikling.
Det er eit stort engasjement omkring skogbruk og effektane på biologisk mangfald, og LMD legg stor vekt på at skogbruksaktiviteten blir basert på kunnskap som kan dokumenterast og etterprøvast. Kunnskapsoppbygging gjennom forsking i MiS-prosjektet om biologisk mangfald og miljøregistreringar i skogbruksplanlegginga held fram i 2023. Dette er avgjerande for å få ny kunnskap til bruk i registrering, overvaking og forvaltning av naturmangfaldet. LMD vil halde fram med satsinga på Landsskogtakseringa. Statistikk frå Landsskogtakseringa viser aukande volum av tre i alle dimensjonar og aldersklassar for både granskog, furuskog og lauvskog. Mengda død ved aukar også betydeleg.
Regjeringa vil føre vidare aktive miljøomsyn i skogpolitikken – tilskotsordningar, miljøregistreringar, miljøtiltak i skog og forsking og kunnskapsoppbygging. Miljøsatsinga til skognæringa, ikkje minst Norsk PEFC Skogstandard, og verkemidla i naturmangfaldlova gjev eit godt grunnlag for at uttaket av biomasse frå skog kan aukast samstundes som det biologiske mangfaldet blir teke vare på.
8.1.11 Nærings- og fiskeridepartementet
Klima- og miljøområde, mål og utfordringar
Nærings- og fiskeridepartementet arbeider for at norsk klima- og miljøpolitikk skal vere så effektivt innretta som mogleg, og for at norsk næringsliv skal kunne utnytte dei moglegheitene som oppstår når det blir lagt større vekt på klima- og miljømål i politikkutforminga. Ein aktiv innovasjonspolitikk for å fremje utvikling og kommersialisering av meir miljøvennlege teknologiar og løysingar er ein viktig del av dette arbeidet.
Teknologisk utvikling er ein føresetnad for å løyse miljø- og klimautfordringane. Det kan dreie seg om utvikling av teknologiar som reduserer bruken av innsatsfaktorar som gjev ringare miljø, teknologiar som reduserer miljø- og klimaskadeleg avfall, eller som bidreg til å fjerne forureining etter at ho er oppstått. Næringslivet og offentlege forskingsmiljø har ei avgjerande rolle i å utvikle og ta i bruk ny miljøteknologi og meir miljøvennlege prosessar og produkt. Utviklinga av miljøteknologi vil typisk springe ut av og byggje vidare på kunnskap i eksisterande verksemder og forskingsmiljø. Kommersialisering og spreiing av miljøteknologi vil kunne gje gevinstar for både næringslivet og klimaet. Oppgåva til styresmaktene er først og fremst å utforme riktige rammevilkår som skaper insentiv og etterspurnad etter denne typen teknologi og produksjonsløysingar.
Riktig regulering og prising av miljø- og klimakostnader kan gje auka utgifter for verksemder som forureinar, men også gje nødvendige insentiv til å investere i miljøvennleg produksjon, spørje etter miljøteknologi og bidra til betre ressursbruk i samfunnet. Kva miljøpolitiske verkemiddel som er mest tenlege, avheng mellom anna av arten til miljøpåverknaden og kostnaden og nytten av det enkelte tiltaket.
Nasjonale tiltak som gjer at eit land har strengare klimapolitikk enn andre land, kan gje bedriftene ei konkurranseulempe. Dette kan føre til at bedriftene i landet flyttar verksemda si eller vel å investere i land med svakare klimareguleringar (karbonlekkasje). Regjeringa vil ta omsyn til konsekvensane som særnorske miljøkrav kan ha for konkurranseevna til norske bedrifter. Eit viktig tiltak for å motverke karbonlekkasje er CO2-kompensasjonsordninga for kraftintensiv industri. Klima- og miljødepartementet notifiserte 19. august 2022 måten den norske CO2-kompensasjonsordninga for perioden 2021–2030 er innretta på, til EFTAs overvakingsorgan ESA. ESA gjorde 7. september 2022 vedtak i saka, der den notifiserte måten å innrette ordninga på vart godkjend. Regjeringa arbeider overfor Kommisjonen for å vareta synet til norsk industri, irekna sikre likebehandling av verksemder med tilsvarande risiko for karbonlekkasje, føreseielege vilkår for norsk industri og at insentiva for reduksjon av klimagassutsleppa blir varetekne.
Sjødeponering av avgang frå gruvedrift og bruk av prosesskjemikaliar kan skape konfliktar mellom omsynet til verdiskaping frå mineralutvinninga og andre næringar og omsynet til naturmangfaldet. Det er difor viktig med heilskaplege avvegingar av fordelane og ulempene med mineralprosjekt.
Regjeringa jobbar for å sikre grøn omstilling i Noreg gjennom utsleppsreduksjonar, auka sysselsetjing, auka verdiskaping og auka grøn eksport. I Hurdalsplattforma og i arbeidet til regjeringa er grøn skipsfart peikt ut som eit satsingsområde for omstilling.
Statistisk sentralbyrå reviderte i 2021 utsleppsstatistikken for innanriks sjøfart og fiske på grunn av feil i datainnsamlinga i åra 2012–2019. Dermed har det ikkje vore ein reduksjon i klimagassutsleppa frå sektoren i denne perioden som tidlegare rapportert; utsleppa har vore meir eller mindre stabile. Ved tidlegare publisering var 2019-utsleppa frå innanriks sjøfart og fiske 19 pst. lågare enn i 2005, men dei reviderte tala tilseier at utsleppa i 2020 er 16,2 pst. høgare enn i 2005.
Sjømatnæringa er avhengig av eit sunt og reint hav. For å sikre ei berekraftig hausting av dei viltlevande marine ressursane er det nødvendig med ei heilskapleg og økosystembasert forvaltning. Kunnskap om uønskte stoff og næringsstoff er viktig for utnyttinga av marine ressursar og for å dokumentere at sjømaten er trygg og sunn. Langtransportert forureining er hovudutfordringa, men også lokal forureining påverkar marint miljø og mattryggleiken.
Utsleppsreduksjonar frå sjømatproduksjonen vil i hovudsak komme frå meir energieffektive fangstmetodar. Dette fordrar utvikling av betre framdriftsmaskineri og mindre energikrevjande fangstmetodar. Ei viktig nyvinning på dette området er elektrifiserte kystfiskefartøy.
Miljøomsyn skal vere ein grunnleggjande premiss for vidareutvikling og vekst i havbruksnæringa. Lakselussmitte frå oppdrett til villaks og sjøaure og genetisk påverknad frå rømt oppdrettslaks på villaksen er to av dei viktigaste miljøutfordringane i norsk havbruksverksemd på kort sikt. Andre område som har noko å seie for den totale miljøbelastninga til havbruksnæringa, er utslepp, produksjon og hausting av fôrråvarer og korleis kystarealet til havbruksformål blir disponert.
Rapportering for 2021 og status for 2022
Forsking og innovasjon
Miljøspørsmål og kunnskap om årsakene, verknadene og løysingane på miljøproblema er sektorovergripande. Miljørelevant forsking og innovasjon inngår i mange av programma og ordningane som er finansierte over Nærings- og fiskeridepartements budsjett.
Forsking og innovasjon speler ei sentral rolle i den grøne omstillinga av næringslivet og resten av samfunnet vårt. Kompleksiteten i klimautfordringane krev innovasjons- og forskingssamarbeid på tvers av sektorar, finansieringskjelder og land. Det er mellom anna bestemt at Noreg skal delta i EUs investeringsprogram InvestEU i perioden 2021–2027. Programmet gjev næringslivet tilgang til EU-omfattande finansielle instrument, som kan utfylle dei nasjonale verkemidla. Minst 30 pst. av investeringane gjennom programmet skal bidra til å nå EUs klimamål. InvestEU-forordninga vart innlemma i EØS-avtalen i juli 2022 gjennom endringar i protokoll 31 og 32. Det er venta at norsk deltaking kan formaliserast gjennom avtalar med Europakommisjonen i løpet av 2022. InvestEU er omtalt ytterlegare i kap. 924.
I tillegg til internasjonale forskings- og innovasjonsinitiativ er det ei rekkje ordningar i det nasjonale verkemiddelapparatet vårt som byggjer opp under grøn omstilling i næringslivet. Grønn plattform er eitt av tiltaka for grøn omstilling. Plattforma er ein felles konkurransearena i regi av Noregs forskingsråd, Innovasjon Noreg og Siva. Formålet med tiltaket er å skape samfunnsøkonomisk lønnsamt og berekraftig næringsliv som bidreg til grøn omstilling. Plattforma skal fremje grøn omstilling frå grunnleggjande forsking til kommersialisering og innovasjon. Grønn plattform er omtalt i programkategori 17.20 Forsking og innovasjon.
Over Nærings- og fiskeridepartementets budsjett skjer tildelingane til klima- og miljørelevant forsking i hovudsak gjennom programma Grønn plattform, Innovasjonsprosjekt i næringslivet (IPN), Marinforsk, MAROFF, Havbruk og Forny2020 i Forskingsrådet og løyvingar til forskingsinstitutta. Gjennom desse programma kan næringslivet til dømes få støtte til utvikling av teknologiar som avgrensar forureining ved hjelp av reinsing, meir miljøvennlege produkt og produksjonsprosessar, meir effektiv ressurshandtering og ressursutnytting og teknologiske system som reduserer miljøpåverknaden. Når Forskingsrådet vel ut prosjekt, vurderer dei også miljøverknadene frå prosjekta. I 2021 utbetalte Forskingsrådet 808,56 mill. kroner til løpande prosjekt i næringslivet under LTP-området «Klima, miljø og miljøvennleg energi». Dette utgjer om lag 37 pst. av næringslivsporteføljen i 2021. I perioden 2017–2021 er det totalt utbetalt om lag 2,8 mrd. kroner fordelte på 991 klima- og miljørelevante prosjekt. Dette utgjer om lag 35 pst. av næringslivsporteføljen i perioden.
Miljøretta forsking innanfor marin og maritim sektor inkluderer forsking både på miljøkonsekvensar av påverknader i marine økosystem og korleis verksemder innanfor desse sektorane kan drivast meir effektivt, sirkulært og miljøvennleg.
Innovasjon Noreg skal vere ein pådrivar for å fremje innovasjon og utvikling av konkurransedyktige og berekraftige nye teknologiar og løysingar. Dette inneber mellom anna at berekraft, i form av effektar på samfunn og miljø, blir beskrivne og vurderte i alle finansieringssaker. Berekraftige prosjekt blir prioriterte framfor andre like gode prosjekt som er mindre berekraftige. Innovasjon Noreg forvaltar også Miljøteknologiordningen og Grønne vekstlån som er retta direkte mot grøn omstilling.
I 2021 gjekk 61 pst. av Innovasjon Noregs tilsegn om lån og tilskot – rundt 5,6 mrd. kroner – til miljøretta prosjekt. Dette er ein auke frå 49 pst. i 2020. Innovasjon Noreg definerer eit prosjekt som miljøretta dersom det har ei miljøgrunngjeving. Prosjekta kan til dømes dreie seg om kommersialisering av miljøteknologi, forbetring av miljøkvalitet på produkta til føretaket eller at prosjektet fører til at føretaket blir miljøsertifisert. I tillegg til å gje finansiell støtte til prosjekt med ein miljøprofil bidreg Innovasjon Noreg med nettverksaktivitetar og kompetansetenester i prosjekt som har miljø som hovudformål. Berekraftig utvikling er eit viktig mål for fleire av næringsklyngjene i Innovasjon Noregs klyngjeprogram. Innovasjon Noreg tilbyr også tenester som skal gje ekstra draghjelp til norske, grøne løysingar for å lykkast i internasjonale marknader.
Nysnø Klimainvesteringer AS («Nysnø») vart stifta i desember 2017. Formålet til selskapet er å bidra til reduserte klimagassutslepp gjennom investeringar som direkte eller indirekte bidreg til dette. Investeringane skal i hovudsak rettast mot ny teknologi i overgangen frå teknologiutvikling til kommersialisering. Ny teknologi bidreg til det grøne skiftet og til å byggje vårt framtidige lågutsleppssamfunn. Kapitaltilgang i eit tenleg omfang fremjar investeringar, og Nysnø er eit verkemiddel for å bidra til kapitaltilgang for norske unoterte vekstbedrifter som kommersialiserer klimavennleg teknologi. Nysnø har i perioden 2017–2022 fått tilført til saman 2 925 mill. kroner i kapital.
Fiskeri- og havbruksnæringens forskningsfinansiering AS finansierer FoU-prosjekt som skal bidra til nyskaping, auka verdiskaping og berekraft i sjømatnæringa.
Handelspolitikk
Saman med dei andre EFTA-statane (Island, Liechtenstein og Sveits) legg Noreg fram eit kapittel om handel og berekraftig utvikling i alle frihandelsavtaleforhandlingar. Kapittelet omhandlar ivaretaking av miljøomsyn gjennom forpliktingar om mellom anna handel og høvesvis skogforvaltning, biologisk mangfald, klimaendringar, multilaterale miljøavtalar og fiskeri og havbruk. Partane får også moglegheit til å leggje fram ein eventuell tvist til eit ekspertpanel for uttale. Også ved reforhandling av tidlegare inngåtte frihandelsavtalar gjennom EFTA har Noreg som mål å ta inn kapittelet om handel og berekraftig utvikling.
Den OECD-tilknytte eksportfinansieringsavtalen, Arrangement on Officially Supported Export Credits, regulerer vilkåra for Eksportfinansiering Norge (Eksfin) sine eksportgarantiar og eksportlån, til dømes minstenivå for renter og maksimale løpetider. Det blir her lagt til rette for grøn energi ved at eksportkontraktar som fell innanfor verkeområdet til klimasektoravtalen, kan bli tilbydd gunstigare finansieringsvilkår (hovudsakleg lengre nedbetalingstider) enn andre eksportkontraktar. OECD har også eigne retningslinjer for vurdering og handtering av risiko for negativ miljøpåverknad i offentlege eksportlån og eksportgarantiar. Eksfin følgjer desse retningslinjene, og aktsemdsvurderingar knytte til miljøpåverknad utgjer ein integrert del av utlåns- og garantiverksemda til verksemda. Nærings- og fiskeridepartementet deltek i OECDs eksportfinansieringsgrupper, mellom anna i arbeidet med å utvikle retningslinjene på miljøområdet. I 2021 stod fornybar energi, hovudsakleg offshore vind, for 40 pst. av nytt garantiansvar og 18 pst. av nye lån innvilga under eksportkredittordninga. Av samla portefølje utgjorde fornybar energi 15 pst. av uteståande garantiar og 3 pst. av uteståande lån. For å støtte opp under grøn omstilling og auka eksport har regjeringa i 2022 utvida eksportkredittordninga og alminneleg garantiordning slik at det kan gjevast lån og garantiar til eksportretta investeringar og klimavennlege investeringar som har eksportpotensial. Det er også opna for finansiering av botnfaste vindkraftprosjekt til havs, på lik linje med flytande vindkraftprosjekt. Det blir vist til omtale av eksportkredittordninga under kap. 2429 og eksportgarantiar under kap. 2460.
Statleg eigarskap
Staten er ein langsiktig og ansvarleg eigar. Verdiane til fellesskapen skal forvaltast på ein måte som gjev tillit hos allmenta og bidreg til å oppnå måla staten har som eigar, som er høgast mogleg avkastning eller mest mogleg effektiv oppnåing av sektorpolitiske mål over tid. Det føreset at selskapa er berekraftige. Vidare er staten oppteken av at verksemda til selskapa er ansvarleg. Staten som eigar stiller tydelege forventningar på berekraftsområdet som inkluderer klima og miljø. Forventningane som blir stilte, er mellom anna:
Selskapa har ein plan for berekraftig verdiskaping.
Selskapa er leiande i arbeidet med ansvarleg verksemd.
Selskapa arbeider for å redusere klima- og miljøfotavtrykket sitt.
Nærings- og fiskeridepartementet følgjer opp forventningane knytte til klima og miljø i Meld. St. 8 (2019–2020) Statens direkte eierskap i selskaper – Bærekraftig verdiskaping i eigardialogen med selskap med statleg eigarandel. I Statens eierrapport for 2020 vart klimagassutsleppa til selskapa rapporterte for første gong. Talet på selskap som rapporterer klimagassutsleppa sine for 2021, har auka noko, og det går fram av Statens eierrapport for 2021 at alle selskapa i kategori 1 og 2 (22 selskap) no rapporterer om klimagassutsleppa sine. Blant dei sektorpolitiske selskapa rapporter 20 av 43 selskap utsleppa sine. Regjeringa vil i løpet av hausten 2022 leggje fram ei stortingsmelding om den direkte eigarskapen til staten i selskap (eigarskapsmeldinga).
Konkurransepolitikk
Omsynet til berekraft vil prege alle delar av næringslivet framover, og aktørar må tenkje nytt for å omstille seg. Konkurranse fremjar insentiva bedriftene har til omstilling og innovasjon. Ei effektiv handheving av konkurranselova i relevante sektorar som energi- og transportsektoren kan gje viktige bidrag til den grøne omstillinga i norsk økonomi. Effektiv konkurranse kan gje lågare prisar på klima- og miljøvennlege varer og tenester og auka innovasjon. Effektiv handheving av konkurranselova er difor eit viktig bidrag til å realisere ei berekraftig utvikling.
Klima og utslepp
Klimatilpassing
Marint miljø, fiskeri og havbruk blir påverka av klimaendringane. Fiskeri- og havbruksforvaltninga må tilpasse seg nye naturgjevne føresetnader. Både i program finansierte av Noregs forskingsråd og ved Havforskingsinstituttet blir det lagt ned ein omfattande forskingsinnsats for auka kunnskap om rolla havet har i klimasystemet, og konsekvensen av klimaendringar for marine økosystem og ressursar. Forskinga viser at ei rekkje ulike klimafaktorar vil påverke marine organismar.
Som følgje av klimaendringar og stadig større isfrie område er det store endringar i bestandsutbreiingar og dynamikken i havøkosystema. Difor har både kompleksiteten i og arealet for ressurs- og miljøovervaking auka vesentleg dei siste åra.
Opprydding etter industri og gruvedrift
Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard (DMF) er staten sin fagetat for forvaltning og utnytting av mineralressursar. På vegner av Nærings- og fiskeridepartementet gjennomfører DMF også tiltak for å redusere miljøkonsekvensar etter tidlegare mineralverksemd i område der departementet har eit eigar- eller forvaltaransvar.
Miljødirektoratet har fastsett ein handlingsplan for forureiningstiltak i område der det venteleg er størst forureiningsrisiko. DMF har sidan 1989 gjennomført tiltak i desse områda, og tungmetallavrenninga av kopar og sink er blitt vesentleg redusert i perioden. DMF vurderer i samarbeid med Miljødirektoratet ytterlegare tiltak i desse og andre område der det har vore mineralutvinning.
Løkken
Miljødirektoratet har gjeve Nærings- og fiskeridepartementet pålegg om å setje i verk tiltak for å avgrense forureininga ved Løkken Gruver. Arbeidet med å greie ut alternative tiltak har gått for seg i mange år. DMF har vurdert og samanlikna alternative reinsetekniske løysingar som kan oppfylle miljøkrava i pålegget. Miljødirektoratet gav i mai 2014 tilslutning til tiltaksplan for Løkken. DMF har ansvar for gjennomføringa av tiltaksplanen. Det er tidlegare avdekt eit stort behov for renovering og ombygging av eksisterande anlegg frå 1990-åra. I 2021 har DMF dokumentert at effekten av gjennomførte tiltak på Løkken er god. To av tre miljømål frå pålegget frå 2008 er oppnådde. I 2021 har DMF sett i gang eit arbeid med å utarbeide ein revidert tiltaksplan for å lukke det siste miljøpålegget om at «tilførsel fra Fagerlivatnet til Bjørnlivatnet skal opphøre». Nøytraliseringsanlegget hadde stort sett stabil drift i 2021, og DMF arbeider kontinuerleg med å halde ved like anlegget og forbetre installasjonar ut frå behov. Totalt for året er det behandla 507 885 m3 gruvevatn, og forbruket av kalk ved nøytraliseringsanlegget var 450 tonn.
Folldal
Nærings- og fiskeridepartementet er pålagt av Miljødirektoratet å gjennomføre tiltak for å redusere forureininga frå gruveområdet i Folldal. Resultat frå overvakingsprogrammet i Folldal viser høge tungmetallkonsentrasjonar og at elva Folla er sterkt påverka av tidlegare gruvedrift.
DMF sende i januar 2022 ein heilskapleg tiltaksplan for opprydding etter gruvedrifta i Folldal til Nærings- og fiskeridepartementet. I utarbeidinga av planen har DMF hatt som målsetjing å finne fram til tiltak som er robuste og berekraftige, som varetek kulturminna i Folldal, og som gjev minst mogleg med ulemper for lokalsamfunnet. Den heilskaplege tiltaksplanen konkluderer med at det krevst tre tiltak for å oppfylle miljøpålegget:
1. Grøftesystemet må utbetrast.
2. Gruvemassar sikrast mot avrenning ved at dei blir dekte til
3. Etablering av eit reinseanlegg med slamhandtering
Slik departementet vurderer det, dannar den heilskaplege planen eit godt utgangspunkt for å få løyst miljøutfordringane, og Nærings- og fiskeridepartementet har gjeve tilslutninga si til at DMF kan starte arbeidet med gjennomføring av tiltak 1. Tiltak 1 kan gjennomførast innanfor DMFs ordinære budsjettramme og uavhengig av tiltak 2 og 3. Det er knytt noko uvisse til gjennomføring av tiltak 2 om tildekking av forureina massar, da desse er viktige i eit kulturminneperspektiv. DMF har med bakgrunn i dette løpande dialog med Folldal kommune og Riksantikvaren.
Sulitjelma
I Sulitjelma er utsleppa av kopar til innsjøen Langvatnet framleis høgare enn krava frå Miljødirektoratet. Etter pålegg frå Miljødirektoratet har DMF overvakt vasskvaliteten og kartlagt kjelder og kva dei betyr for metalltransporten ut i Langvatnet. Resultat frå Sulitjelma viser at hovudbidraget til kopar- og metallforureining i Langvatnet kjem frå Grunnstollen/Giken saman med Furuhaugbekken. Det kan også vere bidrag frå andre bekker som ikkje er inkluderte i overvakingsprogrammet vi har i dag. Fiskebestanden i Langvatnet ser ut til å vere lite påverka av metallbelastninga no. Dersom koparkonsentrasjonen i vatnet frå Grunnstolen aukar vesentleg samanlikna med situasjonen i dag, må behovet for tiltak revurderast.
Søve
Staten har teke på seg å ta kostnadene for og gjennomføre opprydding etter verksemda til statsaksjeselskapet AS Norsk Bergverk ved Søve i Telemark i perioden 1953–1965. Direktoratet for strålevern og atomtryggleik gav i 2014 Nærings- og fiskeridepartementet pålegg om opprydding basert på forslaget til tiltaksplan frå departementet.
Departementet kunngjorde oppryddinga i 2014 og 2016 utan at det lykkast å få på plass ei eigna deponiløysing. Nærings- og fiskeridepartementet gav i 2020 Norsk nukleær dekommisjonering (NND) i oppdrag å førebu gjennomføring og oppfølging av ei løysing for Søve-massane. NND gjennomførte i 2021 ein anbodskonkurranse for ein totalentreprise om opprydding av radioaktivt avfall på Søve. Tildelinga av kontrakt vart påklagd, og klagar kravde ei mellombels åtgjerd om å stanse kontraktsinngåinga. Klagar fekk medhald, og avgjerda vart ikkje anka. Det er vedteke å lyse ut oppdraget på nytt, og NND tek sikte på å gjennomføre ny konkurranse for ein totalentreprise i løpet av hausten 2022, med forventa tildeling av kontrakt i første kvartalet 2023. Det kan vere aktuelt både å nytte eit godkjent deponi og etablere ei løysing lokalt.
Raufoss
Miljøtiltaka som er gjennomførte i Raufoss Industripark sidan 2004, har ført til ei betydeleg forbetring av miljøkvaliteten i parken. Overvaking viser at vasskvaliteten i Hunnselva er i kontinuerleg betring, og miljøbelastninga frå industriparken til omgjevnadene blir årleg redusert. Oppryddingsprosjektet på Raufoss har oppfylt alle tidlegare gjevne pålegg frå Miljødirektoratet og miljømåla som er sette. I 2012 kom Miljødirektoratet med nye pålegg overfor Raufoss Næringspark ANS. Frå og med 2015 gjekk prosjektet over i ein overvakingsfase som inneber at attverande historisk grunnforureining blir overvakt gjennom overvakingsprogram. Vidare er det framleis behov for drift av enkelte tiltak i industriparken der forureina vann blir pumpa opp og reinsa. Det kan også komme ytterlegare forpliktingar under garantiane knytte til historisk relatert forureining i samband med gravearbeid for bygg og annan infrastruktur.
Handtering av nasjonalt atomavfall og atomanlegg
Staten har ut frå eit samfunnsomsyn teke ansvaret for å finansiere oppryddinga etter Institutt for energiteknikks nukleære forskingsverksemd i Halden og på Kjeller og etablert etaten Norsk nukleær dekommisjonering for å gjennomføre oppryddinga. Utgreiingar bereknar at investeringskostnadene for oppryddinga aleine kan bli på meir enn 24 mrd. kroner over fleire tiår. Tala er svært usikre. Meld. St. 8 (2020–2021) Trygg nedbygging av norske atomanlegg og håndtering av atomavfall beskriv problemstillingar og prosessar i oppryddingsarbeidet. Det blir elles vist til omtale under programkategori 17.10, kap. 907 og kap. 908.
Maritim næring og kystområdet
Klimagassutslepp
Norsk maritim næring har i fleire år ført an i utviklinga av nye og meir klimavennlege løysingar. Gjennom nasjonale satsingar og verkemiddel har næringa realisert teknologi, løysingar og forretningsmodellar som seinare har danna grunnlag for eksport til internasjonale marknader. Maritime låg- og nullutsleppsløysingar er i dag eit av dei viktigaste konkurransefortrinna til norsk skipsfart. Utviklinga av nullutsleppsløysingar har komme lengst innanfor ferjesektoren. Ifølgje DNV var det i 2021 139 skip i innanriks trafikk med grøn teknologi, ein auke på 15 pst. frå 121 skip i 2019. I 2021 var det 58 heilelektriske fartøy, 25 plug-in batterihybride dieseldrivne fartøy, 39 LNG-drivne fartøy, 16 LNG- og batterihybride fartøy og eitt hydrogenfartøy. Om lag 4 pst. av skipa i innanriks sjøfart brukte grøn teknologi i 2021. Ved utgangen av 2021 var om lag 90 ladeanlegg for bilferjer, passasjerferjer, hurtigbåtar og turistbåtar i drift.
Grøn skipsfart er ein viktig del av det grøne skiftet og eit satsingsområde for regjeringa og skal bidra til vekst og arbeidsplassar langs heile kysten i tillegg til reduksjon av utslepp. Maritim næring er eit av dei prioriterte områda i regjeringa sitt Veikart for grønt industriløft. Innovasjon Noreg er gjeven ansvaret for regjeringa si styrking av eksportfremjing av norske grøne løysingar, som vil vere viktig for havnæringane.
Den offentlege støtta til forskings- og innovasjonsprosjekt bidreg til å realisere ambisjonane regjeringa har om grøn vekst i den maritime næringa. Klima- og miljøvennleg maritim verksemd er eitt av dei prioriterte områda i MAROFF-programmet i Noregs forskingsråd. I 2021 gjekk det til saman 230 mill. kroner til maritime klima- og miljøprosjekt frå Noregs forskingsråd og Skattefunn-ordninga. I 2021 gav Innovasjon Noreg 795,5 mill. kroner i lån og tilskot til totalt 86 maritime prosjekt med positiv miljøeffekt.
Innovasjon Noreg administrerer havpilotordninga for pilotering og demonstrasjon av ny teknologi, system og prosessar innan maritime og marine næringar. I 2021 vart det øyremerkt 30 mill. kroner til tiltaket gjennom Miljøteknologiordningen. I løpet av året innvilga Innovasjon Noreg over 150 mill. kroner i tilskot til prosjekt innan maritim og marin næring gjennom Miljøteknologiordningen.
Enova sitt formål er å bidra til å nå Noregs klimaforpliktingar og bidra til omstillinga til lågutsleppssamfunnet. Enova nytta i 2021 over 40 prosent av budsjettet til transportprosjekt, kor maritim verksemd utgjer om lag halvparten. Enova har dei seinare åra hatt ei sterk satsing retta mot batterielektrifisering av sjøtransport. Dei har også støtta ei lang rekkje landstraumprosjekt, samt initiativ som tek i bruk ny og innovativ teknologi, til dømes i form av skip som tek i bruk hydrogen som drivstoff.
PILOT-E er eit samarbeid mellom Noregs forskingsråd, Innovasjon Noreg og Enova som skal bidra til at nye produkt og tenester innan miljøvennleg energiteknologi raskare skal bli utvikla og tekne i bruk. Dei tre aktørane samarbeider om å følgje PILOT-E-prosjekta som får tilsegn gjennom utviklingsløpet, frå idé til marknad. Gjennom PILOT-E-programmet har det gjennom fleire utlysingsrundar blitt gjeve støtte til innovative prosjekt knytte til utsleppsfri maritim transport.
Kystverket stiller utsleppskrav der det er mogleg på eigne fartøy og innleigde transporttenester, som tilbringartenesta for los. Dette gjeld også ved vedlikehalds- og anleggsarbeid med innleigde entreprenørar.
Dei samla utsleppa frå fartøya som inngår i tilbringartenesta for los, var i 2021 på om lag 6 600 tonn CO2. Dette er ein auke på 900 tonn CO2, eller 16 pst., samanlikna med 2020. Auken heng saman med auka aktivitet. Samstundes har fornying av fartøya og meir optimalisert køyring ført til at utsleppsintensiteten til båtane (målt i gram CO2 per nautisk mil) har gått ned med 28 pst. sidan 2016.
Kystverkets tredje batterihybride multifunksjonsfartøy OV Hekkingen vart sett i ordinær drift i 2021. Dei samla utsleppa frå alle Kystverkets fartøy var i 2021 på om lag 5 400 tonn CO2, som er omtrent på same nivået som året før.
I 2021 var utsleppa frå utbyggingsprosjekta om lag 2 000 tonn CO2. Tilsvarande tal for 2020 var 1 700 tonn CO2.
Sjøfartsdirektoratets samarbeid med næringa og involvering i prosjekt for å utvikle ny teknologi er viktige for Noreg både nasjonalt og internasjonalt. Med ein større flåte under norsk flagg får Noreg også større innverknad på utforminga av det internasjonale regelverket, noko som støttar pådrivarrolla til Noreg for eit strengare klima- og miljøregelverk i Den internasjonale sjøfartsorganisasjonen IMO. IMO vedtok i 2018 ein ambisjon om at utsleppa frå internasjonal skipsfart skal reduserast med minst 50 pst. innan 2050 frå nivået i 2008. Samstundes vart det semje om ein visjon om å fase ut klimagassutslepp frå skipsfarten så raskt som mogleg i dette hundreåret.
Miljø
NOX-avtalen har vore et viktig tiltak for utviklinga av norsk miljøvennleg flåte. Næringsorganisasjonane som er partar til miljøavtalen, har etablert Næringslivets NOX-fond. Inneverande avtale mellom Klima- og miljødepartementet og dei 15 næringsorganisasjonane for perioden 2018–2025 er forlengd til 2027 med eit eige utsleppstak for åra 2026–2027. Fondet har gjeve hovudtyngda av støtta si til prosjekt i maritim sektor som har stått for om lag 60 pst. av utsleppsreduksjonane av NOX. Ifølgje NOX-fondet har tiltaka dei har komme med frå 2018, gjeve ein verifisert reduksjon av NOX-utslepp på om lag 4 450 tonn per år. NOX-reduserande tiltak som følgje av redusert drivstofforbruk eller energiomlegging gjev også lågare CO2-utslepp. Ifølgje NOX-fondet inneber tiltaksporteføljen til fondet frå 2018 ein reduksjon i dei årlege CO2-utsleppa på ca. 2 mill. tonn.
Utslepp frå skip i hamn er nokre stader ei lokal kjelde til luftforureining av nitrogendioksid (NO2). Etablering av landstraumanlegg i hamner bidreg til mindre luftforureining, og per 2021 er det registrert 162 landstraumanlegg.
Kystverket jobbar med å redusere plastforureining frå eiga verksemd. Ein positiv plastrekneskap er standardkrav i Kystverkets kontraktar for farvasstiltak. Det inneber at entreprenøren skal dokumentere at det er samla opp meir plast enn det som vart tilført til sjøen.
Undersøkingar før farvasstiltak startar opp, avdekkjer ofte forureina sediment frå mellom anna hamneverksemd, skipsverft, gamle avfallsfyllingar og avløp. Grundig planlegging og overvaking, skånsame metodar for gjennomføring og tiltak for å bøte på problemet sikrar at forureininga ikkje får spreie seg, og at ho blir fjerna på ein forsvarleg måte. Kystverket samarbeider med aktuelle kommunar og Miljødirektoratet om miljømudring i tilknyting til eigne tiltak. Det vart gjennomført arbeid med å fjerne forureina sediment i tiltaka innsigling Maurholen, innsigling Grenland og innsigling Bodø i 2021. Om lag 48 200 kubikkmeter forureina sediment vart fjerna.
Fiskeri
Noreg har lovfesta at forvaltninga av fiskeriressursane skal vere berekraftig og basert på beste tilgjengelege kunnskap. Fiskeristyresmaktene vurderer jamleg bestandssituasjonen og behova for å fastsetje forvaltningstiltak i dei ulike fiskeria for å sikre berekraftig hausting. Rett kvotefastsetjing, andre reguleringstiltak og kontroll med at reguleringane blir følgde, er viktig for å unngå overfiske. Dette blir gjort i tråd med tilrådingar frå ICES, havforskingsrådet for Nord-Atlanteren, sidan Noreg deler opp mot 90 pst. av dei kommersielle fiskeressursane med andre land.
For dei kommersielt viktigaste fiskebestandane har forvaltninga eit godt kunnskapsgrunnlag, som blir oppdatert årleg. Etter gjenoppbygging og restaurering av store bestandar av mellom anna torsk og hyse har utviklinga i gytebestanden for dei økonomisk viktigaste fiskeria dei siste tretti åra dokumentert ein god balanse mellom hausting og beskyttelse. Gjenoppbygging av tobis og makrellstørje viser at restaurering også verkar for mindre bestandar. Langsiktige haustingsreglar har saman med vern av yngel og småfisk gjennom stenging av område, tekniske reguleringar, selektive reiskapar og utkastforbod bidrege til ei positiv utvikling av dei kommersielt viktige fiskebestandane. Havforskingsinstituttet bereknar at om lag 44 pst. av alle norske havområde er underlagde effektive arealbaserte forvaltningstiltak.
For dei mange bestandane elles er kunnskapsgrunnlaget varierande, og det blir gjort årlege vurderingar av kva for bestandar som har behov for nye forvaltningstiltak, eller kvar det er behov for auka kunnskap. Det vart i 2019 innført ei rekkje tiltak for kysttorsk sør for 62 gradar nord, og Havforskingsinstituttet kom i 2020 med eit forslag til ein gjenoppbyggingsplan for kysttorsk nord for 62 gradar nord. Forvaltninga gjer no grundige vurderingar av dei gjeldande kysttorskreguleringane i tillegg til ein gjennomgang av havdelingsspørsmål for det kystnære fisket i nord.
Fiskeriforvaltninga arbeider for å sikre eit mest mogleg klima- og miljøvennleg fiske, både for å unngå skade på botnhabitata og for å redusere energiforbruket til fiskeflåten. Forvaltninga arbeider også for å fremje utvikling og bruk av selektive fiskereiskapar og regulere fiskeria slik at utkast av fisk og bifangst blir redusert mest mogleg.
Tapte fiskereiskapar kan forårsake spøkjelsesfiske, og havressurslova pålegg fiskarar å søkje etter tapte reiskapar og rapportere dersom reiskapen likevel går tapt. I tillegg til førebyggjande arbeid har Fiskeridirektoratet dei siste åra forsterka oppryddingsinnsatsen sin. I 2021 er det utvikla nye løysingar for rapportering av eigne og andre sine tapte fiskereiskapar via kartplottar i FiskInfo-tenesta til BarentsWatch. Lokale oppreinsingstokt langs kysten har avdekt store funn av reiskapar som stammar frå fritidsfiske. Frå 1. januar 2022 er det krav om å merkje teiner og ruser i fritidsfiske. I tillegg er fritidsfiskeappen utvikla vidare, slik at allmenta enkelt kan rapportere tapte fiskereiskapar.
Havbruk
Utviklingsløyve vart etablert som ei mellombels ordning i november 2015 og avslutta i november 2017. Ordninga har fått stor merksemd i næringa, og det kom inn totalt 104 søknader. Formålet er å leggje til rette for utvikling av teknologi som kan bidra til å løyse ei eller fleire av dei miljø- og arealutfordringane som akvakulturnæringa står overfor, til dømes ved konstruksjon av prototypar og testanlegg, industriell design, utstyrsinstallasjon og fullskala prøveproduksjon. Per 5. august 2022 er det gjeve tilsegn om til saman 119 utviklingsløyve til 24 søkjarar. I tillegg blir det arbeidd med sikte på å gje tilsegn om utviklingsløyve til ytterlegare to søkjarar. Fiskeridirektoratet har gjort førsteinstansvedtak i alle 104 saker, men det står framleis att mykje arbeid i Nærings- og fiskeridepartementet knytt til klagebehandling.
Rømming
Det nasjonale programmet for overvaking av rømt oppdrettslaks har talfesta innslaga av rømt fisk i 178 vassdrag i 2021. Av desse vart til saman 79 pst. vurderte til å ha lågt innslag av rømt oppdrettslaks (mindre enn 4 pst.), 14 pst. vart vurdert til å ha moderat innslag (mellom 4 og 10 pst.), medan 8 pst. vart vurdert til å ha eit høgt innslag. Andelen vassdrag med høgt innslag har generelt vore låg dei siste åra samanlikna med tidlegare år.
I strategien mot rømming frå akvakultur er det fem satsingsområde som blir prioriterte:
kunnskap
erfaringsformidling og dialog
sterk tryggingskultur
effektivt tryggingsregelverk
profesjonell beredskap
Havbruksnæringa er gjennom forskrift pålagd å organisere og finansiere utfisking i vassdrag med for høgt innslag av rømt oppdrettsfisk. Det vart som ledd i ordninga gjennomført tiltak i 31 elvar i 2021, av desse førte 22 til fangst av oppdrettsfisk. I tillegg kjem utfisking i regi av Fiskeridirektoratet.
Lakselus
Grensene for kor mykje lus det kan vere på oppdrettsfisken, er sett svært lågt for å beskytte viltlevande laksefisk. På grunn av aukande resistens mot lakselusmiddel har kampen mot lusa blitt meir utfordrande dei siste åra.
Data for 2022 viser at nasjonalt nivå av lakselus på oppdrettsfisk fram til og med juli har vore likt som i 2021.
I 2021 var det ein viss auke i forbruket av legemiddel mot lakselus samanlikna med 2020. Dei seinare åra har legemiddelforbruket flata ut, etter at bruken vart kraftig redusert i åra etter 2014. Årsakene til nedgangen i denne perioden er samansette. For det første har lakselusa i stor grad utvikla resistens mot legemidla. For det andre har Nærings- og fiskeridepartementet stramma inn regelverket i 2017 og i 2019 for å redusere negative miljøeffektar av lakselusmiddel. For det tredje har Mattilsynet dei seinare åra hatt forsterka innsats mot uforsvarleg legemiddelbruk.
Talet på legemiddelbehandlingar mot lus vart redusert frå 3 294 i 2015 til 719 i 2021. Samstundes auka talet på medikamentfrie behandlingar (termisk, mekanisk, ferskvatn og anna) i same tidsrommet frå 201 til 2 822, ifølgje Veterinærinstituttets fiskehelserapport for 2021.
Mattilsynet har dei siste åra prioritert å følgje opp anlegga med dei største luseproblema og har brukt fleire og strengare verkemiddel enn tidlegare. Eitt av verkemidla er redusert maksimal biomasse (MTB) på lokalitetar med alvorlege eller langvarige luseproblem. Dette har vist seg å vere effektivt.
Utslepp frå havbruksanlegga
Miljøovervaking av botnen under og rundt oppdrettsanlegg skjer i samsvar med norsk standard NS 9410. I nærområda til havbruksanlegga viser undersøkingane at tilstanden er stabil med gode miljøforhold. Resultata frå miljøundersøkingane viser at på landsbasis har meir enn 90 pst. av lokalitetane god eller svært god miljøtilstand, rundt 7 pst. har dårleg tilstand og om lag 1 pst. svært dårleg tilstand. Dette har vore ein stabil trend det siste tiåret.
Nærings- og fiskeridepartementet samarbeider med Klima- og miljødepartementet om eit oppdatert regelverk for utslepp og overvaking av forureining frå havbruksnæringa.
Elektrifisering av havbruksnæringa
Det er i gang ei stor elektrifisering av havbruksnæringa. I dag er allereie meir enn 70 pst. av fôrflåtane kopla til landstraum. Dette har redusert klimautsleppet betydeleg. I 2020 vart den første heilelektriske oppdrettslokaliteten opna (Bremnes Seashore). Dette inneber at det i tillegg til fôrflåten blir lagt straum ut til merdane slik at arbeidsbåtar kan kople seg til og nytte straum framfor diesel når dei gjer nødvendige operasjonar på anlegget. I tillegg blir det stadig bygd nye fullelektriske eller hybridelektriske arbeidsbåtar i havbruksnæringa. I tråd med oppfølginga av Meld. St. 13 (2020–2021) Klimaplan for 2021–2030 tek regjeringa sikte på å innføre krav til null- og lågutsleppsløysingar for servicefartøy i havbruksnæringa med ei trinnvis innfasing frå 2024 der forholda ligg til rette for det.
Sjømat
Auka konsum av sjømat er tiltak for å fremje klima og berekraft. Ei endring i kosthaldet til befolkninga i tråd med tilrådinga frå helsestyresmaktene er identifisert som viktig for å nå ernærings- og klimapolitiske mål i Miljødirektoratets rapport Klimakur 2030 og er omtalt i Meld. St. 13 (2020–2021) Klimaplan for 2021–2030. Det blir arbeidd med å auke sjømatinntaket i befolkninga i tråd med kostråda, mellom anna gjennom kosthaldsprogrammet Fiskesprell.
Nærings- og fiskeridepartementet følgjer også opp rapporten Grønn verdiskaping og økt bearbeiding i sjømatindustrien som vurderer moglegheiter for grøn omstilling og tilrettelegging for framtidig berekraftig produksjon i sjømatindustrien. Rapporten foreslår tiltak som kan bidra til auka foredling av berekraftige sjømatprodukt i Noreg. Som all matproduksjon kjem sjømat med eit klima- og miljøfotavtrykk.
Det er viktig å føre vidare ei god og kunnskapsbasert ressursforvaltning for å sikre at uttaket av ville marine artar er berekraftig. Samstundes må det leggjast til rette for at sjømatnæringa reduserer utslepp og miljøpåverknad gjennom heile verdikjeda. Sjømaten må vere sunn og trygg å ete, og det må vere minst mogleg svinn gjennom verdikjeda fram til forbrukar. Det er nødvendig med ei heilskapleg tilnærming og samarbeid mellom dei ulike sektorane og aktørane for å få til dette. Institusjonar som Havforskingsinstituttet, Veterinærinstituttet, Nofima og Sintef bidreg med relevant kunnskap for å styrkje berekrafta i verdikjeda.
Fiskesprell
Kosthaldsvanar blir utvikla tidleg, og det nasjonale kosthaldsprogrammet Fiskesprell er etablert for å auke sjømatkonsumet hos barn og unge (programmet er nærmare omtalt under kap. 900, post 77 Tilskot til tiltak for auka sjømatkonsum). Som eit ledd i klimaarbeidet blir klima- og berekraftsdimensjonen innlemma i Fiskesprell, og Klima- og miljødepartementet er blitt del av styringsgruppa for programmet.
Matsvinn
Mat som blir produsert og ikkje eten, er unødig bruk av ressursar og har ein uheldig påverknad på miljøet. Matsvinn bidreg til nesten 10 pst. av dei globale menneskeskapte klimagassutsleppa. Å redusere matsvinn er difor eit viktig miljøtiltak. Matsvinnet frå sjømatindustrien (etande delar av sjømat som er å rekne som mat i Norge) var for 2020 berekna å vere 12 400 tonn. Målt i kilo per innbyggjar er matsvinnet i sjømatindustrien redusert frå 2,7 kilo i 2018 til 2,3 kilo i 2020.
Styresmaktene og matbransjen inngjekk i juni 2017 ein samarbeidsavtale om reduksjon av matsvinn. Avtalen er signert av fem departement og tolv bransjeorganisasjonar. Formålet med avtalen er å halvere matsvinnet i heile matverdikjeda i Noreg innan 2030, samstundes er det stilt eit delmål om 15 pst. reduksjon i 2020 og 30 pst. reduksjon i 2025. Delmålet for 2020 vart ikkje nådd, men matsvinnet vart redusert med om lag 10 pst. frå 2015 til 2020.
Strategiar for å redusere matsvinn må rettast inn mot alle ledda i verdikjeda. Dette inkluderer utvikling av ny teknologi og produksjonsmetodar, betre emballasje og søkjelys på rask nedkjøling og ubroten kjølekjede for å forlengje haldbarheita på matvarer. Størstedelen av matsvinnet skjer derimot i hushalda, og kompetansen må aukast også her. Reduksjon av matsvinn i verdikjeda på sjømat vil bidra til tryggare matvaretilgang, betre ernæring og til å fremje ei berekraftig utvikling. Å leggje til rette for forsking, kunnskap og teknologi i heile matverdikjeda er viktig for å støtte under arbeidet med å utnytte ressursane og å redusere matsvinnet.
Trygg sjømat
Reine hav er ein viktig føresetnad for havet som eit trygt og sunt matfat. Krava til dokumentasjon aukar stadig, og overvakinga må tilpassast nye problemstillingar. Forholda i havområda endrar seg også i takt med klimapåverknaden og miljøforandringar. Klimaendringar fører mellom anna til endra utbreiingsområde og diett for mange artar i havet, som igjen kan føre til endringar i nivåa av miljøgifter og næringsstoff oppover i næringskjeda. Miljøgifter blir verande i miljøet og i organismar lenge etter at utsleppa er stansa, samstundes som nye miljøgifter kjem til. Arbeidet med både miljøgifter og næringsstoff er difor viktig ikkje berre for miljøet, men også for sjømattryggleiken og folkehelsa.
Havforskingsinstituttet overvaker årleg innhaldet av uønskte stoff i sjømat generelt, inkludert oppdrettsfisk frå norske kyst- og havområde, som mellom anna gjev unike tidsseriar. Funna i norsk sjømat ligg med få unntak under grenseverdiane som er fastsette i internasjonalt regelverk for handel med mat.
Forvaltninga har god dokumentasjon på innhaldet av miljøgifter og næringsstoff i dei viktigaste kommersielle villfiskartane som blir hausta, og i oppdrettsfisk. Sjølv om tilstanden generelt er god, finst det utfordringar knytte til miljøgifter for enkelte artar og i visse område. Ved funn av uønskte stoff over grenseverdiar set styresmaktene i verk tiltak.
Miljøgifter og andre uønskte stoff i oppdrettsfisk kjem hovudsakleg gjennom fôret. Innhaldet av miljøgifter i fôret er regulert ved grenseverdiar både for fôrråvarer og ferdig fôr. Grenseverdiane er fastsette i det felles veterinære regelverket i EU gjennom EØS-avtalen. Havforskingsinstituttet overvaker uønskte stoff i fôr og fôrråvarer på oppdrag frå Mattilsynet. I 2021 vart det ikkje funne bruk av ulovlege stoff i oppdrettsfisk, og alle verdiane for miljøgifter og lovleg brukte stoff låg godt under grenseverdiane. Det vart heller ikkje funne nokre tungmetall eller miljøgifter over dei tillatne grenseverdiane i fôr og fôrråvarer til oppdrettsfisk, men det vart registrert forhøgde konsentrasjonar (under grenseverdiane) av nokre uønskte stoff. Dette gjaldt PFAS i éin fiskeolje, 3-MCPD i éin fiskeolje, glyfosat (sprøytemiddel) i eitt insektmjøl, tetrabromotirisphenol-A (TBBP-A) i eitt insektmjøl og polybromerte flammehemjarar i to prøvar av fullfôr. Resultata frå 2021 tyder dermed på at det er behov for å styrkje overvakinga av nokre stoffgrupper, som pesticid, polybromerte og perfluorerte sambindingar for å kartleggje variasjonen av desse. Med vidare vekst i sjømatproduksjonen frå oppdrett krevst det tilsvarande store volum av nye berekraftige fôrvarer, fortrinnsvis lokalt og sirkulært produserte. Nye fôringrediensar kan endre innhaldet av uønskte stoff og næringsstoff og påverke næringsopptaket frå fôret. Dette gjeld spesielt sirkulært produserte fôrvarer, som til dømes insektproduksjon, der ein nyttar reststraumar frå andre matsystem. Utfordringar knytte til nye fôrråvarer er difor eit prioritert forskingsområde, og kunnskap på området er heilt nødvendig for å utvikle lovverket i takt med utviklinga i næringa. Havforskingsinstituttet overvaker også førekomsten av plantevernmiddel og soppmiddel i fiskefôr og kva for effekt dei har på velferda og helsa til fisken.
Det er auka interesse for å utnytte nye marine artar på ulike trofiske nivå til mat og fôrressursar. Havforskingsinstituttet innhentar og analyserer no mellom anna mesopelagiske artar, filterfødar (blåskjel) og makroalgar (tang og tare) for uønskte stoff og næringsstoff. I 2019 og 2020 har det blitt publisert fleire arbeid på Havforskingsinstituttet med oversikt over næringsstoff og framandstoff i mesopelagiske artar for framtidig bruk som mat eller fiskefôr. Det er behov for auka kunnskap om næringsstoff og korleis totalbelastninga av stoff som til dømes plast, tungmetall, radioaktive isotopar, organiske miljøgifter og oljekomponentar påverkar økosystema og sjømaten.
Mikroplast er plastpartiklar under fem millimeter, som stammar frå både direkte utslepp og nedbryting og slitasje av større plastgjenstandar. Mikroplast er funnen i luft, vatn, på sjøbotnen og i levande organismar, slik som fiskefilet, og kan påverke det marine økosystemet. Plast kan innehalde både miljøgifter og la det hope seg opp mikroorganismar på overflata og kan dermed potensielt bidra til auka spreiing av begge delar. Havforskingsinstituttet opna i mai 2019 eit avansert laboratorium for å styrkje forskinga på effekten av dei minste plastpartiklane. I 2020 starta Havforskingsinstituttet, gjennom det felleseuropeiske forskingssamarbeidet FACTS finansiert av JPI Oceans, å undersøkje spreiing av plast i vatn og fisk i nordeuropeiske farvatn frå Tyskland til Svalbard. Tilgjengeleg kunnskap peiker på at dei minste partiklane, den minste mikroplasten og nanoplasten, kan vere problematiske for mattryggleiken, som er akkurat den storleiksfraksjonen som har vist seg å vere mest utfordrande å kvantifisere. Det blir no jobba med eigne prosjekt innan kvantifisering av dei minste mikroplastpartiklane, inkludert nanoplast, med samarbeidspartnarar både nasjonalt og internasjonalt.
Tverrgåande tema i fiskeri- og havbruksforvaltning
Kartlegging av marine naturtypar
MAREANO-programmet har sidan 2005 drive kartlegging av havbotnen i norske havområde gjennom systematisk innsamling av djupnedata og data om geologien, landskapa og naturtypane, det biologiske mangfaldet og forureininga på havbotnen. Formålet med kartlegginga er mellom anna å bidra til ei kunnskapsbasert forvaltning av dei havbaserte næringane og dei marine økosystema gjennom bidrag til forvaltningsplanane for norske havområde. Kartlegginga blir gjennomført av Havforskingsinstituttet, Noregs geologiske undersøking og Statens kartverk. Resultat og kart frå MAREANO-programmet blir publiserte løpande på www.mareano.no.
Framande artar
Havforskingsinstituttet kartlegg førekomsten av framande artar gjennom program for hav- og kystovervaking. Det er miljøstyresmaktene som har ansvaret for arbeidet mot framande artar, med unntak av forvaltninga av kongekrabbe, som ligg til fiskeriforvaltninga.
Bestanden av kongekrabbe nådde maksimumet sitt i 2008 og har etter den tid stabilisert seg på eit lågare nivå. Det er lite som indikerer spreiing av bestanden dei siste åra.
Sjukdom hos viltlevande akvatiske artar
Nærings- og fiskeridepartementet har forvaltningsansvaret for å førebyggje og kjempe mot sjukdom hos villfisk og andre viltlevande akvatiske artar. Sjukdommar som kan true ein art, blir prioriterte. Dei mest aktuelle slike sjukdommar er krepsepest hos edelkreps og parasitten Gyrodactylus salaris hos atlantisk laks.
Krepsepest kan føre til total utrydding av edelkrepsbestanden i eit vassdrag. Signalkreps, som er ein framand art i Noreg, kan vere smitta utan å bli sjuk. Ulovleg utsetjing av signalkreps eller flytting av båtar og utstyr som har vore brukte i smitta vassdrag, gjev auka risiko for smittespreiing. I 2021 vart det påvist krepsepest i eitt nytt vassdrag, i Mysenelva i Hæravassdraget. I alt åtte vassdrag er i dag infiserte.
Gyrodactylus salaris kan føre til at heile bestandar av den atlantiske villaksen i elvar går tapt. Parasitten går ikkje til åtak på laksefisk i sjø. Det er fram til i dag påvist Gyrodactylus salaris på laks og røye i 51 vassdrag i Noreg. Ved utgangen av 2020 hadde åtte elvar status som infiserte, medan fire elvar er under friskmelding. Det siste tilfellet av Gyrodactylus salaris vart påvist i Selvikvassdraget i Sande kommune i desember 2019.
Beskytta område
Noreg har iverksett ei rekkje beskyttande tiltak mot skadeleg fiskeriaktivitet med heimel i havressurslova. Totalt er nær halvparten av norske havområde omfatta av områdebaserte fiskerireguleringar som bidreg til beskyttelse av botnhabitata. Særleg omfattande er det generelle forbodet mot bruk av botnslept reiskap i område djupare enn 1 000 meter. Det generelle forbodet har likevel vist seg ikkje å vere tilfredsstillande i delar av Barentshavet, mellom anna fordi det er andre artar der enn lenger sør. I 2019 vart det difor innført nye reglar for å sørgje for betre beskyttelse av blautkorallar, svamp og andre sårbare artar i desse områda, inkludert stenging av ti område for alt botnfiske. I tillegg er ei rekkje område med djupvasskorallførekomstar beskytta mot all fiskeriaktivitet som kjem i kontakt med botnen.
Nærings- og fiskeridepartementet er involvert i arbeidet med beskyttelse og vern av marine område under Konvensjonen om biologisk mangfald (CBD), den regionale fiskeriorganisasjonen for Nordaust-Atlanteren (NEAFC) og i oppfølginga av FNs berekraftsmål. Fiskeriforvaltningstiltaka som er heimla i havressurslova, regulerer den aktiviteten med størst påverknad på marin natur og vil vere eit vesentleg bidrag til å nå globale mål. Havforskingsinstituttet og Fiskeridirektoratet gjennomførte i 2020 ein revisjon av fiskeritiltaka basert på CBDs kriterium og fann at om lag 44 pst. av alle norske havområde er underlagde effektive arealbaserte forvaltningstiltak. Tiltaka er også i tråd med FN-resolusjonar, FN-avtalen om fiske på det opne hav og FAOs retningslinjer.
Planar for vidare arbeid
Forsking og innovasjon
Regjeringa foreslår å halde på eit høgt nivå på løyvingane til næringsretta forsking og innovasjon i 2023. Løyvingane over Nærings- og fiskeridepartementets budsjett bidreg mellom anna til utviklinga av nye grøne løysingar i næringslivet. Grønn plattform og Grønne vekstlån er blant tiltaka som blir vidareførte i 2023, og som er retta direkte mot klima- og miljørelevant forsking og innovasjon i næringslivet. I tillegg blir dei generelle ordningane for forsking og innovasjon i næringslivet førte vidare, som i stor grad også går til klima- og miljørelevante prosjekt.
Regjeringa vil innføre eit hovudprinsipp om at prosjekt som får støtte gjennom det næringsretta verkemiddelapparatet, skal ha ein plass på vegen mot omstillingsmålet for 2030, og at Noreg skal vere eit lågutsleppssamfunn i 2050. Prinsippet femner både prosjekt med nøytral effekt og prosjekt med positiv effekt på grøn omstilling og er til dømes ikkje til hinder for å støtte gode prosjekt i petroleumsnæringa. Verkemiddelapparatet skal mobilisere gode prosjekt som bidreg til grøn omstilling eller svarer til andre viktige føremål, inkludert innan områda som er peikte ut i regjeringa sitt veikart for et grønt industriløft.
Satsinga på Grønn plattform blir foreslått vidareført i 2023. I perioden 2020–2022 vart det sett av 1 115 mill. kroner til ordninga. Regjeringa vil leggje til rette for ei utlysing på 600 mill. kroner for perioden 2023 til 2025 (med atterhald om Stortingets budsjettvedtak for 2024 og 2025). Sjå nærmare omtale i Nærings- og fiskeridepartementet sin Prop. 1 S, programkategori 17.20.
Mineralnæringa
Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard (DMF) skal arbeide for at Noregs mineralressursar blir forvalta og utnytta til det beste for samfunnet. Dette omfattar også forsvarleg og berekraftig forvaltning av mineralressursar og å redusere miljøkonsekvensar av tidlegare mineraluttak.
I 2023 skal DMF prioritere å følgje opp den heilskaplege planen for opprydding av gammal gruveverksemd i Folldal. I 2023 blir det foreslått løyvd 16 mill. kroner til å dekkje kostnader til gjennomføring av miljøtiltak for å redusere forureininga etter den tidlegare gruvedrifta i Folldal. Oppfølginga av den heilskaplege planen vil mellom anna vere avhengig av nødvendige løyve frå aktuelle styresmakter. DMF skal også prioritere arbeidet med revidert tiltaksplan på Løkken og oppfylling av det siste delmålet i miljøpålegget her.
Maritim næring og kystområdet
Regjeringa vil halde fram med å leggje til rette for grøn omstilling i maritim næring. Regjeringa foreslår at låneordninga for skip i nærskipsfart og fiskefartøy blir vidareført med ei ramme på 400 mill. kroner. Vidare vil regjeringa spisse dei maritime forskingsmidlane slik at dei blir innretta mot grøn skipsfart, digitalisering og implementering av klima- og miljøvennlege løysingar. Å satse målretta på teknologi og løysingar som gjev effektivisering, lågare energiforbruk og løysingar som tek i bruk ikkje-fossile energikjelder, er viktig for å gje ytterlegare kraft til den grøne omstillinga i skipsfarten.
Skipsverfta vil spele ei viktig rolle i det grøne skiftet, og eit grønt løft for maritim industri kan bidra til vidare vekst i næringa gjennom eksport av maritime låg- og nullutsleppsløysingar. Tilskot gjennom Grønn plattform vil kunne bidra til å setje verfta i ein betre posisjon til å byggje nye låg- og nullutsleppsskip. Vi viser elles til omtalen av Grønn plattform i programkategoriomtalen 17.20.
Sjøfartsdirektoratet vil halde fram med arbeidet med å utvikle regelverk som opnar for bruk av ny teknologi og miljøvennlege løysingar for skip, samstundes som tryggleiken blir vareteken. Arbeidet i FNs sjøfartsorganisasjon IMO knytt til utvikling av eit klima- og miljøvennleg internasjonalt regelverk vil framleis vere eit prioritert område.
Det er venta auka etterspurnad etter naturgass (LNG) som følgje av at fleire nye skip blir bygde med LNG-drift, i tillegg til at det er fleire LNG-drivne cruiseskip i norske farvatn som følgje av NOX-utsleppskrava i verdsarvfjordane. Ved utgangen av 2021 hadde Enova gjeve tilsegn om støtte til 30 landstraumanlegg som enno ikkje var sette i drift. EUs klimapakke «Klar for 55» inneheld også krav til utbygging og bruk av landstraum i hamn for containerskip, cruiseskip og større passasjerskip, og dette vil medverke til meir utbygging av landstraum i Noreg. Det er også planlagt etablering av om lag 50 nye ladeanlegg for ferjer fram mot 2024.
Fiskeri og havbruk
Regjeringa vil prioritere stadig forbetring av kunnskapsgrunnlaget for bestandsestimat og sikre tilstrekkeleg kontroll med bestandsuttaket. Oppfølging av tiltak for kysttorsk vil vere ei viktig prioritering. Regjeringa fører vidare satsinga på forbetra kontroll med ressursuttaket og opprydding av tapte fiskereiskapar og andre tiltak i Fiskeridirektoratets handlingsplan mot marin forsøpling. Noregs innsats mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske (UUU-fiske) og Blue Justice-initiativet i kampen mot fiskerikriminalitet globalt er også høgt prioriterte.
For å oppnå målsetjinga om meir matproduksjon frå havet vil det vere avgjerande å sikre tilstrekkeleg tilgang til eigna areal for havbruksverksemda. Dette gjeld både for tradisjonelle anlegg i kystsona, utsleppsfrie lukka anlegg lenger inn i fjordane og store offshoreanlegg lenger ut til havs. Vidareutvikling av det nye produksjonsreguleringsregimet i havbruksnæringa er viktig for å sikre at den ønskte veksten i havbruksproduksjonen skjer innanfor akseptable rammer med omsyn til miljøet.
Regjeringa prioriterer å leggje til rette for velfungerande sameksistens mellom havnæringane. Det er behov for auka kunnskap for å kunne leggje til rette for mest mogleg optimal lokalisering av havvind og havbruk til havs og for å auke kunnskapen om effektar for økosystema og andre næringar.
Sjømat
Regjeringa vil følgje opp tiltak for å fremje akvatisk mat i arbeidet med klima og berekraft, mellom anna gjennom ernærings- og kosthaldsarbeidet, og føre vidare heilskapleg overvaking av dei viktigaste fiskebestandane og sjømat for å kartleggje innhaldet av uønskte stoff og næringsstoff. Kartlegging og kunnskapsoppbygging om uønskte stoff, smittestoff og næringsstoff i nye marine artar som kan takast i bruk som mat og fôr, skal førast vidare.
Regjeringa vil halde fram med arbeidet med å styrkje kunnskapsgrunnlaget om førekomsten av og betydninga av mikroplast og nanoplast i det marine miljøet og i sjømat. Havforskingsinstituttet har forsking på plast i sjømat som eit høgt prioritert område.
8.1.12 Olje- og energidepartementet
Klima- og miljøutfordringar ved olje- og gassutvinning er knytt til utslepp til luft og til sjø. Vassdragsutbyggingar og andre energirelaterte utbyggingar som vindkraft, gir inngrep i natur- og kulturmiljø. Omsynet til miljø og berekraftig utvikling er ein integrert del av den norske petroleums- og energiverksemda. Ei rekkje reguleringar sikrar det blir teke omsyn til miljøet i alle fasar av petroleumsverksemda og ved utbygging og produksjon av fornybar energi. Olje- og energidepartementet vil i 2023 følgje opp innsatsområda i klimapolitikken og følgje opp regjeringa sin klima- og miljøpolitikk gjennom satsing på forsking og teknologiutvikling, næringsutvikling og energiomlegging på petroleums- og energiområdet.
Rapport for 2021
Departementet medverka i 2021 til ei effektiv og miljøvennleg forvalting av energiressursane, ein effektiv og velfungerande kraftmarknad, og ei betring av samfunnet si evne til å handtere risiko for flaum og skred. Førebygging av flaum- og skredskadar er gode klimatilpassings¬tiltak. Arbeidet skjedde i eit nært samarbeid med Noregs vassdrags- og energidirektorat og statsføretaket Statnett.
Regjeringa vil fremje ein effektiv, klima- og miljøvenleg og sikker energiproduksjon, og samtidig sikre ei berekraftig forvalting av naturen. Det er viktig at utbygginga av fornybar energi skjer utan at store verdiar knytte til mellom anna naturmangfald eller landskap går tapt. I 2021 har departementet følgt opp forslaga i Meld. St. 28 (2019–2020) Vindkraft på land – Endringer i konsesjonsbehandlingen i lys av Stortinget si behandling, jf. Innst. 101 S (2020–2021). I meldinga vart det føreslått fleire tiltak for å stramme inn handsaminga av vindkraftkonsesjonar, mellom anna å leggje meir vekt på miljø- og landskapsomsyn ved utbygging av vindkraft.
Regjeringa opna i april 2022, etter ei pause på tre år, opp igjen for konsesjonshandsaming av nye vindkraftprosjekt der vertskommunen samtykker til handsaming. I handsaminga framover skal eit skjerpa omsyn til natur og miljø, slik det følgjer av meldinga og Stortinget si behandling av denne, leggjast til grunn.
Ved kongeleg resolusjon blei det i juni 2020 bestemt at områda Utsira Nord og Sørlege Nordsjø II er open for søknadar om vindkraft til havs, med verking frå 1. januar 2021. Olje- og energidepartementet har sidan då arbeidd med å vidareutvikle rammeverket for vindkraft til havs i norske havområde. Departementet har foreslått endringar i havenergilova og havenergilovforskrifta og laga eit utkast til rettleiar for arealtildeling, konsesjonsprosess og søknadar for vindkraft til havs. Forslaga var på offentleg høyring sumaren 2021.
For rapport på arbeide med CO2-handtering og på forsking og utvikling i energi- og petroleumssektoren, sjå omtale i særskilt vedlegg Regjeringas klimastatus og -plan.
Plan for vidare arbeid
Departementet vil bidra til ei heilskapleg og miljøvennleg forvalting av dei fornybare energiressursane. Dette gjeld miljøomsyn ved utbygging av vind- og vasskraftanlegg og ved nettutbygging. Departementet vil òg leggje til rette for miljøforbetring i allereie regulerte vassdrag. Arbeidet med revisjon av konsesjonsvilkår er prioritert i 2022.
For en nærmare omtale av fornybar enerig, regjeringen samarbeid med næringen for å redusere utslepp frå olje- og gassproduksjonen på norsk sokkel, utvikling av teknologi for fangst, transport og lagring av CO2 og regjeringa sin satsing på miljøvennleg energiforsking, sjå omtale i særskilt vedlegg Regjeringas klimastatus og -plan.
Departementet vil følgje opp Noregs vassdrags- og energidirektorat sitt arbeid med å betre samfunnet si evne til å handtere risiko for flaum og skred. Dette er også omtala i særskilt vedlegg Regjeringas klimastatus og -plan.
8.1.13 Samferdselsdepartementet
Klima- og miljøområdet i transportpolitikken, mål og utfordringar
Eit av hovudmåla i Nasjonal transportplan 2022–2033 er å bidra til å oppfylle Noreg sine klima- og miljømål.
For klima syner vi til omtale særskilt vedlegg Regjeringas klimastatus og -plan.
Samferdselssektoren påverkar naturmangfaldet gjennom å byggje og forvalte infrastruktur med tilhøyrande aktivitet. Det totale framtidige arealbeslaget frå samferdselsprosjekt blir redusert gjennom til dømes gjenbruk og optimalisering av vegstrekningar. Transportverksemdene arbeider med nye metodar for å redusere påverknaden på vassførekomstar.
Støy og redusert luftkvalitet er lokale miljøproblem som kan påverke helsa til folk negativt og transportsektoren er ei av hovudkjeldene til desse problema.
Rapport for 2021/2022
For klimagassutslepp viser vi til særskilt vedlegg Regjeringas klimastatus og -plan.
For å følgje opp måla i Nasjonal transportplan 2022–2033 på naturområdet er det utvikla ein indikator for påverknaden transportsektoren har på naturmangfald, som i 2022 blir testa ut i samarbeid med relevante styresmakter: «Netto tal på dekar inngrep i naturområde med nasjonal eller vesentleg regional verdi.» I 2021 ble det som følge av Nye Veier sine prosjekt tapt 16,3 dekar viktige naturtypar, mens null dekar ble kompensert. Statens vegvesen hadde ingen prosjekter i 2021 med inngrep som ga krav om økologisk kompensasjon. Arbeidet med å beskrive og utgreie naturnøytral veg blir ytterlegare konkretisert i 2022.
Plan for vidare arbeid
For det vidare arbeidet for å redusere utsleppa av klimagassar syner vi til omtale under klimaeffekt av framlagt budsjett i særskilt vedlegg Regjeringas klimastatus og -plan.
Statens vegvesen vil på oppdrag frå Samferdslsdepartementet sende på høyring forslag om endringar av krav til standard og dimensjonering i vegnormalane. Dette vil til dømes gjelde auka innslagspunkt for firefelts veg og auka gjenbruk av eksisterande veg i utbyggingsprosjekt. Endringane kan gi mindre bruk av areal til ny veginfrastruktur dersom dei blir vedtekne, slik at vegsektorens påverknad på naturmangfald blir mindre.
Arbeidet i transportverksemdene med å utvikle metodikk for før- og etterundersøkingar av effekten på økosystema ved samferdselsutbygging og drift av transportinfrastruktur hald fram i 2023. Ny NTP-indikator for naturmangfald skal bli testa ut i et samarbeid mellom relevante verksemder. Statens vegvesen og Nye Veier vil halde fram med å planlegge et pilotprosjekt for en naturnøytral vegstrekning med bistand frå bl.a. miljømyndigheitene. Det er utvikla indikatorar for vurdering av grad av naturnøytral veg.
Regionale planar for vassforvaltning er det viktigaste planverktøyet for betre vassmiljø i Noreg. Etatane og selskapa tek del i arbeidet med rullering av regionale planar og tiltaksprogram etter vassforskrifta. Videre blir det stilt krav i kontraktar om redusert saltbruk på utvalde strekningar nær drikkevasskjelder og sårbar natur.
Statens vegvesen og Nye Veier AS jobbar med å redusere utslepp av mikroplast for å unngå at dette blir spreidd til naturen og spesielt til vassførekomstar ute i natur- og vassmiljø.
8.1.14 Utanriksdepartementet
Klima- og miljøområder, mål og utfordringer
Dei negative konsekvensane av klimaendringane er ein trussel mot menneskja og har øydeleggjande konsekvensar for menneske, miljø og økonomisk utvikling. Regjeringa vil sameine klima- og utviklingspolitikken. Dei siste rapportane frå FNs klimapanel viser tydeleg at verda ikkje er på rett veg. Utviklingslanda og dei små øystatane blir ramma hardast og har lite ressursar til å møte utfordringane. Det er eit kritisk behov for auka støtte til klimatilpassing og førebygging av klimarelaterte katastrofar i desse landa.
Tap av biologisk mangfald og ringare økosystem aukar risikoen ytterlegare for menneske, miljø og utvikling. Regjeringa vil jobbe for eit ambisiøst, nytt globalt rammeverk for naturmangfald med mål for 2030. Rammeverket er planlagt vedteke under Konvensjonen om biodiversitet på COP15. Regjeringa vil støtte tiltak i utviklingsland for gjennomføring av det nye globale rammeverket i tillegg til andre globale avtalar på miljøområdet.
Regjeringa vil integrere innsatsen på klima og utvikling innan matsatsinga. Eit av hovudmåla i Parisavtalen er å kjempe mot klimaendringane gjennom utsleppsreduksjonar og klimatilpassing på ein måte som ikkje set matproduksjonen i fare. Globale matsystem forårsakar mellom 21–37 pst. av klimagassutsleppa. Difor er klimarobust matproduksjon ei hovudprioritet. Bistanden skal støtte opp under lågare utslepp frå matverdikjedene. Samstundes må utviklingssamarbeidet bidra sterkare til klimatilpassa landbruk.
Klimaendringane, forureining og overfiske har ført til eit aukande press på havmiljøet og marine ressursar over heile verda. I arbeidet for berekraftige verdshav vil regjeringa gjere bruk av norsk kompetanse og ressursar og slik bidra til gode løysingar som vektlegg miljøomsyn og bidreg til aktivitet og arbeidsplassar. Havretten vektlegg plikta alle statar har til å bevare det marine miljøet, og retten deira til å utnytte eigne ressursar. Dette ligg til grunn for norsk havpolitikk – både heime og ute.
Marin forsøpling er eit av dei raskast veksande miljøproblema vi står overfor. Med havstraumane blir avfall spreidd til kyst og strender i nærleiken av avfallskjelda, men også til område langt unna. Regjeringa vil stå i spissen for innsatsen for å stanse plastforureininga i havet.
733 mill. menneske mangla tilgang til elektrisitet i 2020. Størstedelen av desse bur i Afrika. Cirka 2/3 av dei globale klimagassutsleppa kjem frå produksjon eller bruk av karbonintensiv energi. Andelen fornybar energi i det totale energikonsumet er lågt (ca. 17,7 pst.), og investeringar i fornybar energi har falle under pandemien. Kolkraftverk er den største kjelda til klimagassutslepp og må erstattast av fornybar energi.
Framleis manglar omtrent 2,4 mrd. menneske, av desse 900 mill. afrikanarar, tilgang til gode kokeløysingar, med omfattande konsekvensar for utvikling og helse. Regjeringa vil halde fram med innsatsen for å skaffe tilgang til trygge og gode kokeløysingar. Noreg har i samarbeid med mottakarlanda bidrege til energieffektivisering, mellom anna gjennom tilgang til moderne kokeomnar.
Mangel på tilgang til trygt drikkevatn og gode sanitærløysingar truar oppnåinga av berekraftsmåla. Verda er ikkje i rute for å nå berekraftsmål 6. To mrd. menneske manglar tilgang til trygt vatn. Nesten halvparten av verdsbefolkninga manglar tilgang til fungerande sanitæranlegg, og 1 av 4 personar har ikkje tilgang til vatn og såpe for handvasking. Over 80 pst. av det sanitære avløpsvatnet i verda blir ikkje reinsa før det blir sleppt ut i vassdrag og hav.
Tilgang til reint vatn og gode sanitærforhold er avgjerande for god folkehelse. Mangel på dette bidreg til å halde barn, særleg jenter, borte frå skulen. Klimaendringane forsterkar problema med manglande tilgang til vatn og sanitær, forørkning og at landområde blir ringare. Dette påverkar om matvare- og vasstilgangen er trygg, helsa og livsgrunnlaget til menneske og infrastruktur og tilstanden til økosystema.
Rapport for 2021/2022
Etter lanseringa av strategien for klimatilpassing og førebygging i 2021 har merksemda vore retta mot å byggje opp porteføljen på dette området, både gjennom bilaterale og multilaterale kanalar. Dette arbeidet held fram. Støtta har inkludert styrking av nasjonal vêrvarsling gjennom mellom anna å gjere meteorologiske data og programvare meir tilgjengelege og installering av system for tidleg varsling av ekstremvêr. Vidare har norsk støtte bidrege til at risiko har blitt ein del av nasjonale tilpassingsplanar i fleire land gjennom mellom anna kapasitetsbygging, bruk av analyseverktøy og utvikling av beredskapsplanar.
Noreg gav cirka 73 pst. av bistanden til trygg matvaretilgang gjennom multilaterale samarbeidspartnarar i 2021. Norske styrerepresentantar i FN og utviklingsbankane arbeider for at klimaomsyn skal styrkjast i denne delen av utviklingssamarbeidet.
Regjeringa har støtta tiltak i utviklingsland og globale avtalar på miljøområdet. Nokre hovudkanalar for dette er Den globale miljøfasiliteten (GEF) og FNs miljøprogram (UNEP). Noreg har også bidrege til å fremje samanhengane mellom miljø og helse gjennom samarbeid med mellom anna Verdas helseorganisasjon (WHO).
Høgnivåpanelet for ein berekraftig havøkonomi (Havpanelet) er leidd av statsminister Støre og har no 16 medlemsland. Det siste året har både USA og Frankrike slutta seg til Havpanelet og deira ambisiøse handlingsplan. Målet er at alle hav- og kyststatar skal etablere heilskaplege forvaltningsplanar innan 2030. Arbeidet til Havpanelet viser at det hastar med å utvikle god havforvaltning globalt for å oppnå dei miljømessige, økonomiske og sosiale måla i 2030-agendaen om berekraftig utvikling. FNs havforskingstiår (2021–2030) er eit globalt løft for å heve kunnskapen om hava. Tiåret skal stimulere og koordinere havforskingsinnsatsen nasjonalt og globalt, slik at berekraftmåla blir nådde. Statsminister Støre er høg beskyttar av havtiårsalliansen, som skal skape merksemd om havforskingstiåret og mobilisere ressursar slik at det ambisiøse programmet lykkast.
Noreg var ein viktig pådrivar for vedtaket i FNs miljøforsamling i februar 2022 om å opprette ein forhandlingsprosess for å få på plass ein rettsleg bindande global avtale mot plastforureining. Regjeringa fører vidare bistandsprogrammet som skal bidra til å forhindre og redusere marin forsøpling i utviklingsland. I 2021 vart om lag 210 mill. kroner utbetalte til 18 prosjekt. I perioden 2019–2024 blir det planlagt med totalt 1,6 mrd. kroner til programmet.
Det er eit stort behov for initiativ for å engasjere privat sektor for å satse på fornybare energiinvesteringar i utviklingsland. Regjeringa har fått på plass ei garantisatsing for investeringane til private aktørar i fornybar energi i utviklingsland. Satsinga bidreg til å tette gap i den internasjonale garantimarknaden og å senke terskelen for private investeringar i land der risikoen er høg. Ordninga er på 1,5 mrd. kroner fordelte over fem år (2022–2027) og består av to delar. Den eine delen består av eit garantisamarbeid med to internasjonale garantiinstitusjonar (det multilaterale investeringsgarantiselskapet MIGA og African Trade Insurance Agency). Den andre delen er ei søknadsbasert subsidieordning til garantipremiar som Norad forvaltar.
Regjeringa oppretta i 2022 Statens klimainvesteringsfond for fornybar energi i utviklingsland (Klimainvesteringsfondet). Dette aukar energitilgangen og reduserer klimagassutslepp. Formålet til fondet er å redusere eller unngå klimagassutslepp ved å bidra til å finansiere utbygging av fornybar energi i utviklingsland som i dag har store utslepp frå fossil kraftproduksjon, særlig kolkraft. Klimainvesteringsfondet er forvalta av Norfund og bidreg til å utløyse investeringar i fornybar energi som elles ikkje ville bli gjennomførte. Det er vedteke å setje av 10 mrd. kroner over fem år for å oppkapitalisere fondet. Finansieringa kjem frå Stortingets årlege løyving over statsbudsjettet og overføring av totalt 5 mrd. kroner frå Norfunds overskotskapital over fem år. I tillegg vil kapitalen til fondet over tid bidra til å utløyse betydelege midlar frå andre investorar.
Den norske støtta til vatn og sanitær over bistandsbudsjettet er beskjeden og skjer hovudsakleg gjennom støtte til sivilt samfunn. Kirkens Nødhjelp er den leiande partnaren.
Planar for vidare arbeid
Regjeringa vil styrkje innsatsen for klimatilpassing og førebygging med utgangspunkt i strategien Klima, sult og sårbarhet frå 2021. Støtta skal sjåast i samanheng med arbeidet for trygg matvaretilgang der klimatilpassing er ein viktig del av innsatsen. Ho skal også bidra til betre samanheng mellom støtta til humanitær innsats og langsiktig bistand.
Arbeidet med å redusere klimagassutslepp vil halde fram, men med sikte på ein betre balanse i støtta til klimatilpassing og utsleppsreduksjonar. Den norske innsatsen skal bidra til gjennomføringa av Parisavtalen, arbeidet for å nå berekraftsmåla og gjennomføringa av det globale Sendai-rammeverket for katastrofeførebygging.
Endringane i gjennomsnittleg temperatur, nedbørsnivå, ekstremvêr, havnivå, konsentrasjon av ozon og CO2 i atmosfæren påverkar landbruket. Dei fattigaste er dei som blir ramma hardast. Om lag ¾ av dei fattigaste i verda bur på landsbygda i utviklingsland. Difor skal klimatilpassa matproduksjon innan fisk og landbruk bli prioriterte for å bidra til å utrydde fattigdom innan 2030.
Regjeringa vektlegg innsatsen basert på strategien Klima, sult og sårbarhet. I tillegg styrkjer regjeringa satsinga på trygg matvaretilgang gjennom ein ny strategi om trygg matvaretilgang i utviklingspolitikken med sterkare vekt på småskala matprodusentar, verdikjedene deira og klimarobust matproduksjon.
Sunne og berekraftige hav er nødvendige for å nå berekraftsmåla og klimamåla. Noreg er ein pådrivar for å løfte havspørsmåla høgt på den internasjonale dagsordenen og jobbar aktivt for betre beskyttelse av havet og berekraftig ressursutnytting. Havspørsmål er viktige i forholdet mellom Noreg og ei rekkje land, og det er stor interesse for norske havnæringar og verdiskaping. Havbaserte klimaløysingar er viktige bidrag for å nå måla i Parisavtalen, og regjeringa vil sørgje for at norsk kompetanse og ekspertise på område som grøn skipsfart og berekraftig havforvaltning bidreg inn i det internasjonale klimaarbeidet.
Bistandsprogrammet mot marin forsøpling blir vidareført. Programmet vil arbeide for å styrkje nasjonale og regionale verkemiddel for å forhindre marin forsøpling og mikroplast og på den måten støtte opp om den internasjonale forhandlingsprosessen om plastforureining. Støtte til betre avfallshandtering og opprydding av plastavfall i samarbeidsland vil stå sentralt. Programmet vil arbeide for å involvere privat sektor sterkare i innsatsen.
Tilgang til moderne energi og reduserte utslepp av klimagassar er sentrale føresetnader for å nå berekraftsmåla for nedkjemping av fattigdom og måla i Parisavtalen. Manglande tilgang og for låg andel fornybar energi krev satsing. Regjering vil, i tråd med Hurdalsplattforma, prioritere fornybar energi og gjere rein energi til ei hovudsatsing i norsk utviklingspolitikk.
Vatn og sanitær er ikkje eit prioritert tema i utviklingspolitikken. Beskjeden støtte gjennom sivilt samfunn vil vidareførast.
EØS-finansieringsordningane
Mange europeiske klima- og miljøutfordringar er grenseoverskridande og krev samarbeid på tvers av landegrensene. EØS-finansieringsordningane støttar tiltak som fremjar klima, miljø og fornybar energi. Midlane bidreg til at landa skal kunne oppfylle dei nasjonale og internasjonale forpliktingane sine, inkludert EU-direktiv. EØS-midlane styrkjer også den bilaterale kontakten mellom Noreg og mottakarlanda. Innanfor miljø og klima er etatane til miljøforvaltninga, irekna Miljødirektoratet, og ei rekkje forskingsaktørar og institusjonar aktive i fleire land. Samarbeidet mellom norske aktørar og partnarar i mottakarlanda er positivt for Noregs nasjonale miljøarbeid, ettersom forvaltninga får ny kunnskap gjennom europeisk samarbeid.
EØS-midlane: Rapport 2021 på miljøforvaltning og biologisk mangfald og klimatilpassing og fornybar energi
Miljø, energi, klima og låg-karbon-økonomi er blant prioriterte hovudsektorar under EØS-midlane for 2014–2021. Støtta til pilaren «Et grønt Europa» omfattar i alt 15 program med ei samla tildeling på om lag 418 mill. euro i tolv land.
Eit privat selskap «AWW Group Ltd. Limited partnership» i Polen har fått tildelt 5,2 mill. euro til eit kraftvarmeprosjekt. Prosjektet er basert på metanteknologi og er lokalisert i destilleri. Restavfallet i alkoholproduksjonen blir teken i bruk til metanproduksjon. Det blir gjort ein gjæringsprosess som produserer metangassen, og han blir effektivt omdanna til elektrisitet og varme. Energien som blir produsert, er fullt fornybar og har ein kapasitet på 3,5 MW. Det reduserer CO2-utsleppa med om lag 45 000 tonn per år.
Under miljøprogrammet i Portugal er det gjeve 50 000 euro til eit prosjekt innan sirkulærøkonomi. Prosjektet har utvikla digitale verktøy som gjev informasjon om innhald i byggjemateriale og indikasjon på nytteverdien av sirkulære bygg. Informasjonen bidreg til auka gjenbruk av materiale i modernisering av bygg og reduksjon av avfall i byggjesektoren. Verktøya er allereie tekne i bruk mellom anna til oppgradering av skulebygg.
EØS-midlane: Plan for vidare arbeid
Implementeringa av programma vil framleis vere hovudfokus. Totalt er det forventa at mottakarlanda årleg skal produsere i overkant av 136 000 MWh med fornybar energi. Dette svarer til det årlege privatforbruket til om lag 8 100 husstandar i Noreg. CO2-utsleppet i EØS-landa er venta å gå ned med om lag 1,1 mill. tonn. Venta årleg resultat frå energisparing er 865 Wh. Det vil i tillegg gjennomførast omfattande informasjonskampanjar for å auke forståinga av klimaendringane og nødvendige tiltak.
8.2 FNs berekraftsmål
Noreg underteikna Agenda 2030 med universelle berekraftsmål i september 2015 og har med dette forplikta seg til gjennomføring og implementering av måla.
I 2016 la Noreg fram den første frivillige nasjonale rapporten til FN om framdrifta og rapporterte for andre gong sommaren 2021. Rapportane syner at politikk og regelverk i Noreg i stort er i samsvar med måla, men at det òg er mål som utfordrar oss til å gjere meir. Noregs modell for oppfølging av berekraftsmåla nyttar det årlege arbeidet med statsbudsjettet for nasjonal rapportering.
Behovet for ei meir integrert tilnærming til økonomiske, sosiale og miljømessige omsyn i politikkutforminga går klart fram av Agenda 2030. Regjeringa ser at berekraftsmåla kan fremje eit breiare samfunnsansvar hos alle aktørar, engasjere fagmiljø på nye vis og betre samarbeidet mellom dei. Meld. St. 40 (2020–2021) Mål med mening — Norges handlingsplan for å nå bærekraftsmålene innen 2030 vart behandla i Stortinget våren 2022 (Innst. 218 S (2021–2022)).
Berekraftsmåla framhevar miljø og klima både som eigne mål og prioriterte felt og som tverrgåande omsyn. Klima- og miljødepartementets hovudinnsats under dei ulike måla er omtalte her. Meir omtale finst i proposisjonane til andre departement. Styrkt koherens i oppfølginga av måla er eit hovudpoeng.
Mål 1 Utrydde alle former for fattigdom i heile verda
Klima- og miljødepartementet medverkar til å nå delmål 1.5 om fattigdom og sårbarheit for klimarelaterte ekstremhendingar. Regjeringa trappar opp støtta til klimatilpassing og følgjer opp strategien om klimatilpassing, førebygging og kampen mot svolt.
Mål 2 Utrydde svolt, oppnå mattryggleik og betre ernæring, og fremje berekraftig landbruk
Klima- og miljødepartementet medverkar til fleire delmål under berekraftsmål 2. Det er fleire initiativ som bidreg til berekraftig jordbruk i Noreg for å nå delmål 2.4 om berekraftige system for matproduksjon. Jordbruksavtalen blir dreidd i ei meir klima- og miljøvennleg retning. Regjeringa jobbar saman med organisasjonane i jordbruket for å kutte 5 mill. tonn CO2-ekvivalentar i sektoren innan 2030, i tråd med intensjonsavtalen. Nasjonale føringar for betre vassmiljø og tilskotsordningar skal til dømes redusere tap av næringsstoff frå gjødsel til vatn. Tiltaksplanar for pollinerande insekt og framande artar med målretta tilskot skal betre leveområde for biologisk mangfald i kulturlandskapet. Ordninga for utvalde kulturlandskap i jordbruket (UKL) er meir enn dobla sidan 2016 til 49 område over heile landet. Skjøtsel i form av beite og slått av trua naturtypar som kystlynghei og slåttemark tek vare på artsrike areal som også bruker norske fôrressursar og kulturlandskapsverdiar. Kulturminne og kulturmiljø blir skjøtta og sette i stand og varetek kulturarven frå landbruket.
Det norske Klima- og skoginitiativet har som hovudmål å medverke til eit stabilt klima, meir naturmangfald og ei berekraftig utvikling. For å nå målet blir innsatsen retta mot å skape reformer i tropiske skogland i retning av berekraftig arealbruk. Å skape ein berekraftig arealpolitikk er svært utfordrande, og det blir vanskelegare av at dei globale råvaremarknadene framleis spør etter produkt som er knytte til avskoging. Klima- og skoginitiativet jobbar for at råvaremarknadene og dei globale finansmarknadene skal stimulere til avskogingsfri råvareproduksjon, og medverkar slik til delmål 2.4 om å sikre berekraftige system for matproduksjon og delmål 2.5 om å ta vare på det genetiske mangfaldet av frø, kulturplanter, husdyr og ville artar som er i slekt med dei. Eit viktig verktøy for delmål 2.5 er Nagoya-protokollen, sjå nærmare omtale under delmål 15.6. Dei genetiske ressursane er ein vesentleg del av det biologiske grunnlaget for trygg matvaretilgang og god ernæring i tillegg til klimatilpassing av matproduksjonen.
Mål 3 Sikre god helse og fremje livskvalitet for alle, uansett alder
Klima- og miljødepartementet bidreg til delmål 3.9 om å «[i]nnan 2030 redusere talet på dødsfall og sjukdomstilfelle på grunn av farlege kjemikaliar og forureina luft, vatn og jord vesentleg».
Menneske kan utsetjast for miljøgifter via produkt vi omgjev oss med, drikkevatn og mat eller frå byluft, støv og inneluft. Høge enkeltdosar av kjemiske stoff kan gje effektar på akutt vis, som anten kan vere forbigåande eller varige. Det er bekymring for at eksponering også for låge dosar miljøgifter over lang tid kan gje langtidseffektar som kreft og reproduksjonsskadar eller forstyrre hormonbalansen hos menneske og dyr.
Noreg er blant dei landa i Europa der det er lågast risiko for tidleg død på grunn av lokal luftforureining frå vegtrafikken og andre kjelder.2 Lokal luftforureining er redusert dei siste åra, men er framleis ei utfordring enkelte stader.
Ny kunnskap om helseeffektar av luftforureining gjev gode grunnar for å styrkje arbeidet med lokal luftforureining ytterlegare. Nasjonalt mål for årsmiddel for NO2 vart endra frå 1. januar 2022. Vidare skjerpte regjeringa grenseverdiane for svevestøv (PM10 og PM2,5) i forureiningsforskrifta frå 1. januar 2022. Forslag til endringar i forureiningsforskrifta kapittel 7 om lokal luftforureining var også på høyring hausten 2021. Sjå nærmare omtale under delmål 11.6. Globalt, regionalt og i Europa er Noreg ein sentral aktør i arbeidet for å hindre helseskadeleg forureining av luft, vatn og jord og eksponering for helse- og miljøfarlege stoff. Sjå også omtale under delmål 12.4.
Mål 6 Sikre berekraftig vassforvaltning og tilgang til vatn og gode sanitærforhold for alle
Klima- og miljødepartementet bidreg til delmål 6.1–6.4 om trygt drikkevatn, tilstrekkelege sanitærforhold, betre vasskvalitet og betre utnytting av vatn i alle sektorar. Utslepp av kjemikaliar og materiale som kan påverke vasskvaliteten og drikkevatnet, er strengt regulerte. Majoriteten av befolkninga er knytte til kommunale reinseanlegg. Om lag 60 pst. av befolkninga er knytte til reinseanlegg der avløpsvatnet blir reinsa biologisk eller kjemisk. Ein stor del av det kommunale leidningsnettet er gammalt og/eller dårleg, og mange avløpsreinseanlegg oppfyller ikkje reinsekrava i forureiningsregelverket. Dette fører til utslepp av ureinsa og dårleg reinsa avløpsvatn og er ei utfordring for måloppnåinga til Noreg. Det er også nødvendig å tilpasse vass- og sanitærsystema til forventa klimaendringar.
For å styrkje og samordne samfunnstryggleiken innan vassområdet som følgje av endra risikobilete, forventa klimaendringar og stort vedlikehaldsetterslep har regjeringa oppretta eit interdepartementalt samarbeidsforum for vatn og avløp med deltaking frå Helse- og omsorgsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet, Klima- og miljødepartementet, Kommunal- og distriktsdepartementet og Olje- og energidepartementet. Det er utarbeidd ein moglegheitsstudie for å undersøkje potensialet for innovasjon og effektivisering i vass- og avløpssektoren, irekna korleis kommunen kan fornye og renovere leidningsnettet raskare og meir kostnadseffektivt. Korleis studien eventuelt skal følgjast opp, inngår i arbeidet i det interdepartementale samarbeidsforumet. Regjeringa arbeider også med oppfølging av forslaget frå overvassutvalet til verkemiddel i NOU 2015: 16 Overvann i byer og tettsteder – som problem og ressurs. Forslag til endringar i vass- og avløpsanleggslova og forureiningslova var på høyring i 2020 og er til behandling i Klima- og miljødepartementet.
Klima- og miljødepartementet bidreg til delmål 6.5 om integrert forvaltning av vassressursar på alle nivå. Regionale vassforvaltningsplanar legg til rette for beskyttelse og berekraftig bruk av elvar, innsjøar, grunnvatn og kystvatn i tråd med EU sitt vassdirektiv. Samordninga mellom ulike sektorstyresmakter og styresmaktnivå i vassplanarbeidet sikrar ei felles forståing av tilstanden på vassmiljøet og påverknader, rammer for miljømål, prioriteringar og tiltak. Gjennomføring av planane skal vareta evna vassmiljøet har til å levere økosystemtenester som reint drikkevatn, godt badevatn, trygg sjømat, fiske, rekreasjon og turisme, samstundes som det langsiktige grunnlaget for verdiskaping og næringsutvikling blir sikra. Vassforvaltningsplanane blir utarbeidde i tråd med vassforskrifta, som er heimla i plan- og bygningslova, naturmangfaldlova og vassressurslova og gjennomfører EUs vassdirektiv. Vassforvaltningsplanane for 2022–2027 med tilhøyrande tiltaksprogram er oppdaterte og vedtekne i alle fylkesting, og regjeringa er no i ferd med å godkjenne planane. I samband med godkjenninga vil regjeringa styrkje innsatsen for å nå miljømåla. Samarbeid og felles rapportering med dei nordiske nabolanda om grensekryssande nedbørfelt er styrkte gjennom felles strategi og avtalar.
Klima- og miljødepartementet bidreg til delmål 6.6 om å innan 2020 verne og byggje opp att vassrelaterte økosystem, inkludert fjell, skogar, våtmarker, elvar, vassførande bergartar og innsjøar. Noreg har verna mange område som er viktige for vassrelaterte økosystem. Naturstrategi for våtmark som vart lagd fram i juni 2021, inneheld ei rekkje tiltak for å nå måla for våtmark om å bremse dagens nedbyggingstakt og forbetre den økologiske tilstanden. Regjeringa følgjer opp strategien, mellom anna ved å greie ut tiltaka og vurdere kva tiltak som skal bli innførte for å nå måla. I 2023 vil regjeringa òg halde fram med å utvikle faggrunnlaget ein treng for å kunne vurdere tilstand i våtmark etter fagsystemet for økologisk tilstand. Vi er inne i FN sitt tiår for naturrestaurering. Svært mange våtmarker treng restaurering, og arbeidet held fram etter ein oppdatert restaureringsplan som Miljødirektoratet har laga for perioden 2021–2025. Restaurering av myr og anna våtmark er, saman med forbetring av tilstand i tråd med vassforvaltningsplanane, det viktigaste tiltaket til regjeringa for å følgje opp det internasjonale målet om å restaurere minst 15 pst. av økosystem som er blitt ringare.
I 2021 leverte Miljødirektoratet ein strategi for restaurering av vassdrag sterkt påverka av fysiske inngrep i Noreg. Strategien skal liggje til grunn for ein langsiktig plan om kva vassdrag som skal prioriterast.
Mål 8 Fremje varig, inkluderande og berekraftig økonomisk vekst, full sysselsetjing og anstendig arbeid for alle
Delmål 8.4 handlar om å bryte koplinga mellom økonomisk vekst og miljøskadar. Utfordringa er å sørgje for at miljøbelastningane går ned til akseptable nivå, på same tida som vi har økonomisk vekst. Dei norske CO2-utsleppa er lågare enn for 30 år sidan, trass i sterk vekst i BNP. Målt i utslepp per innbyggjar ligg vi likevel høgt over det globale gjennomsnittet. Det er framleis eit stort potensial for å frikople veksten i økonomien frå veksten i klimagassutsleppa, og klimaplanen for 2021–2030 føreset eit temposkifte. I klimapolitikken er dei viktigaste verkemidla avgifter på utslepp og deltaking i EUs kvotehandelssystem. Mot andre typar av forureining, og i forvaltning og vern av naturmangfaldet, bruker Noreg i hovudsak direkte reguleringar. Noreg har ein svært variert natur og låg befolkningstettleik, og tilstanden for naturmangfaldet er generelt sett betre i Noreg enn i verda elles. Sjølv om vi har halde på busetjinga i store delar av landet, har vi også landområde som ikkje er sterkt påverka av menneskeleg aktivitet. I ein liten, men open økonomi som Noreg har, vil ein god del av fotavtrykket vårt på naturmangfaldet vere indirekte og skje i dei landa der varene vi importerer, blir produserte. Sjølv om tilstanden i dei norske økosystema samla sett er relativt god, har også vi utfordringar i økosystema våre. Den klart sterkaste påverknaden er arealinngrep og arealbruksendringar, og naturindeksen for Noreg syner at utfordringane gjeld fleire av dei viktigaste økosystema våre. Ifølgje indeksen har hav, kyst, fjell og opent lågland hatt ein svak nedgang i tilstanden de siste ti åra, medan skog har hatt ein framgang i den same perioden. For våtmark er tilstanden om lag stabil, men her er kunnskapsgrunnlaget lite.
Mål 9 Byggje solid infrastruktur og fremje inkluderande og berekraftig industrialisering og innovasjon
Klima- og miljødepartementet bidreg til å nå delmål 9.4 om å oppgradere infrastruktur og omstille næringslivet til å bli meir berekraftig, med meir effektiv bruk av ressursar og meir omfattande bruk av reine og miljøvennlege teknologiformer og industriprosessar. Dette blir mellom anna gjort gjennom Enova, som er retta mot seinfase teknologiutvikling og tidleg marknadsintroduksjon, med mål om å oppnå varig marknadsendring.
Klima- og miljødepartementet bidreg i arbeid med utvikling av EUs taksonomi for berekraftige aktivitetar og berekraftig rapportering, som skal bidra til å rette meir kapital til miljøvennleg teknologi.
Mål 11 Gjere byar og lokalsamfunn inkluderande, trygge, robuste og berekraftige
Klima- og miljødepartementet bidreg til å nå delmål 11.4 om å styrkje innsatsen for å verne om og sikre kultur- og naturarven i verda. Noreg har eit velfungerande forvaltningssystem for å ta vare på natur- og kulturarven, men endringar i arealbruk og klimaendringar legg press på desse ressursane.
Indikator 11.4.1 handlar om samla offentlege utgifter brukte til kulturarv per innbyggjar, og i 2021 vart dette for første gongen rapportert til Unesco. Førebels inneheld rapporteringa utgiftene til Riksantikvaren og Kulturminnefondet, og tala viser ein jamn auke i kulturarvutgifter per innbyggjar.
Norske styresmakter har dei siste åra styrkt innsatsen for forvaltninga av dei åtte verdsarvområda i Noreg. Dei norske verdsarvområda skal vere fyrtårn for den beste praksisen innanfor natur- og kulturmiljøforvaltning når det gjeld tilstand, forvaltning og formelt vern. Samarbeid er difor viktig, og Klima- og miljødepartementet har mellom anna oppretta eit verdsarvforum for å bidra til god samordning mellom departementa for den beste forvaltninga av verdsarvområda.
Noreg har vore medlem av Unescos verdsarvkomité i perioden 2017–2021. Hovudprioriteringane for den norske innsatsen har vore å sikre verdsarven sine universelle verdiar og å styrkje institusjonar, ekspertar og lokalsamfunn slik at dei kan ta vare på verdsarven òg. Arbeidet vil bli vidareført også etter at medlemsperioden går ut. Kapasitetsbygging under verdsarvkonvensjonen er eit viktig innsatsområde både nasjonalt og internasjonalt. Noreg medverkar til denne satsinga gjennom kapasitetsbyggingsprogrammet «World Heritage Leadership Programme» i samarbeid med World Heritage Conservation of Nature (IUCN) og International Centre for the Study of the Preservation and Restoration of Cultural Property (ICCROM). I tillegg har Noreg over fleire år gjeve betydeleg med midlar til sikring av afrikansk verdsarv, med vekt på naturarv.
Noreg har 40 nasjonalparkar på fastlandet og 7 på Svalbard. Det vart oppretta to nasjonalparkar i 2016, og den førebels siste vart oppretta i 2018. Sidan 2013 er det oppretta 656 nye naturreservat i skog. Det er no i alt verna eit areal på om lag 62 000 kvadratkilometer på fastlandet i Noreg. Klima- og miljødepartementet har utarbeidd ein handlingsplan for å styrkje forvaltninga og ta vare på naturverdiane i nasjonalparkane og andre store verneområde. Bevaring av natur i byar og tettstader er òg viktig, da det har betydning for både økosystem og trivsel. Årleg bidreg Klima- og miljødepartementet til at mellom 20 og 40 natur- og friluftslivsområde i og ved byar og tettstader blir varig sikra gjennom ordninga sikring av friluftslivsområde. Naturbaserte løysingar som er bra for både naturmangfald og klimatilpassing, er viktige, sjå omtale av mål 15.
Klima- og miljødepartementet bidreg til delmål 11.6 om å redusere den negative påverknaden på miljøet frå byane og lokalsamfunna, knytt til avfall og forureining. I Noreg blir om lag 40 pst. av det kommunale avfallet materialattvunne, resten blir i hovudsak energiutnytta. Klima- og miljødepartementet har sommaren 2021 lagt fram ein revidert og oppdatert plaststrategi som greier ut om breidda i politikken til regjeringa mot plastforureining nasjonalt og internasjonalt. Det er i budsjettet for 2021 vedteke eit nytt nasjonalt mål om at attvinning av avfall skal auke. I den nasjonale strategien for sirkulær økonomi frå sommaren 2021 blir avfallssektoren framheva som viktig for auka ressurseffektivitet. Lokal luftforureining er redusert dei siste åra, men er framleis ei utfordring enkelte stader. Regjeringa har i år sendt endringsforslag til forureiningsforskrifta kapittel 7 om lokal luftforureining på høyring, med frist 1. oktober 2021. Formålet med dei foreslåtte endringane og presiseringane er å auke gjennomføringsevna til aktørane og sikre etterleving av regelverket. Endringsforslaga tydeleggjer kva plikter og ansvar aktørane har, i større mon enn det som kan lesast ut av gjeldande forskriftstekst. Det er også foreslått å mellom anna utvide moglegheita kommunane har til å sikre at nødvendige tiltak blir gjennomførte for å sikre betre luftkvalitet. Forureiningsforskrifta fastset juridisk bindande grenseverdiar. Grenseverdiane for partiklar i luft (svevestøv, PM10 og PM2,5) vart først skjerpte frå 1. januar 2016. Regjeringa sende i september i år nye og ytterlegare skjerpte grenseverdiar for svevestøv på høyring. Høyringsforslaget er i tråd med tilrådinga frå eit samla fagmiljø. Regjeringa endra også nasjonalt mål for årsmiddel for nitrogendioksid (NO2) frå 40 til 30 mikrogram per kubikkmeter utandørs luft frå 1. januar 2022, basert på ein oppdatert kunnskapsstatus.
Mål 12 Sikre berekraftige forbruks- og produksjonsmønster
Målet inneber at produsentar og forbrukarar må ta omsyn til kostnader for miljøet av produksjon og forbruk. Norske styresmakter bruker avgifter og andre reguleringar for å fremje berekraftig forvaltning og effektiv bruk av naturressursar. Det er ambisjonen til regjeringa at Noreg skal vere eit føregangsland i utviklinga av ein grøn, sirkulær økonomi som nyttar resursane betre. Den nasjonale strategien for ein grøn sirkulær økonomi (2021) beskriv korleis ei omlegging til ein meir sirkulær økonomi i Noreg kan bidra til å beskytte miljøet, redusere klimagassutslepp og sikre berekraftig produksjon, jf. indikator 12.1.1. Norges plaststrategi (2021) har til hensikt å redusere miljøkonsekvensar av plastbruk og fremje meir berekraftige plastprodukt.
Norske styresmakter underteikna i 2017 ein avtale med aktørane i matverdikjeda om å halvere matsvinn innan 2030, jf. mål 12.3. Første hovudrapportering frå partane i avtalen viser at matsvinnet vart redusert med om lag 10 pst. i perioden 2015–2020. Det finst ei ordning for rapportering som gjev grunnlag for betre statistikk, noko som vil medverke til treffsikre tiltak for førebygging og reduksjon av matsvinn. EU arbeider med eit nytt regelverk for matavfall som ein del av gjennomføringa av strategien frå jord til bord.
Utslepp av helse- og miljøfarlege kjemikaliar og utslepp frå behandling av avfall er reduserte gjennom fleire tiår. Noreg arbeider aktivt i Europa og globalt for strengare regelverk for kjemikaliar i produkt og produksjonsprosessar. Nesten alt farleg avfall blir samla inn og behandla på godkjend måte. Mengda farleg avfall følgjer i store trekk den økonomiske aktiviteten. I 2020 produserte Noreg 324 kg farleg avfall per person, inkludert industriavfall, ein auke på nær 6 pst. frå 2019. 17 pst. vart materialattvunne, 17 pst. energiattvunne og 66 pst. sendt til deponering eller anna sluttbehandling jf. indikator 12.4.2.
Det er eit mål at materialattvinninga av avfall skal auke. Vidare er det eit mål å kople veksten i mengda avfall frå veksten i økonomien. Attvinning av hushaldsavfall har auka betydeleg dei siste tiåra. Regjeringa har i mai 2022 vedteke endringar i avfallsregelverket som stiller krav til utsortering og materialattvinning av plastavfall og biologisk avfall. Dette vil medverke til å redusere miljøkonsekvensane av avfall. Når det gjeld indikator 12.5.1, var materialattvinningsgraden av kommunalt avfall i 2020 vel 40,9 pst.
Offentlege instansar skal leggje vekt på å minimere miljøbelastninga og fremje klimavennlege løysingar ved innkjøpa sine og skal stille klima- og miljøkrav der det er relevant, jf. lov om offentlige anskaffelser, jf. mål 12.7.1. Direktoratet for forvaltning og økonomistyring, DFØ, la i 2021 fram ein handlingsplan for å auke delen klima- og miljøvennlege offentlege innkjøp og grøn innovasjon. Regjeringa vil følgje opp tilrådingane i Riksrevisjonen sin forvaltningsrevisjon frå 2022 (jf. Dokument 3:5 (2021–2011)) og har i Hurdalsplattforma varsla at ho vil endre regelverk og praksis for offentlege anskaffingar slik at dei støttar viktige mål som berekraft, gode lønns- og arbeidsvilkår, bruk av lærlingar, innovasjon og lokale ringverknader, og slik at klima- og miljøomsyn blir vekta med minimum 30 pst. i offentlege anskaffingar og høgare der det er relevant.
Internasjonalt arbeider Norge for ein ambisiøs global avtale om plastforureining og ønskjer at eit styrkt produktrammeverk for plastprodukt skal vere eit sentralt element i ein ny avtale. Under norsk formannskap bestemte FNs miljøforsamling i mars å setje ned ein internasjonal forhandlingskomité som vil starte forhandlingar av ein slik rettsleg bindande avtale. Regjeringa vil også leie ein høgambisjonskoalisjon saman med Rwanda for å auke ambisjonsnivået i forhandlingane. Under bistandsprogrammet mot marin forsøpling blir det arbeidd for å styrkje avfallshandteringa i utviklingsland og fremje meir berekraftig bruk av plastprodukt. Noreg støtter også aktivt opp om arbeidet med plastavfall under Baselkonvensjonen om avfall. Globalt og i EU arbeider Noreg for å fase ut helse- og miljøfarlege stoff, for å sikre tryggare produkt som lettare kan vinnast att.
Mål 12 er krevjande for mange land og er samstundes det målet med flest koplingar til andre berekraftsmål. Framdrift på dette målet er difor viktig for andre mål.
Mål 13 Handle omgåande for å motarbeide klimaendringane og konsekvensane av dei
Oppfølginga av Parisavtalen dannar grunnlaget for oppfylling av FNs berekraftsmål 13. For ein kort omtale av korleis Noreg skal nå klimamåla sine, inkludert klimatilpassing, sjå programkategori 12.20. For ein breiare gjennomgang, sjå klimalovrapporteringa i særskilt vedlegg Regjeringas klimastatus og -plan. Sjå òg resultatområde og nasjonale mål i klima- og miljøpolitikken i del I.
Delmål 13.2 er å innarbeide tiltak mot klimaendringar i politikk, strategiar og planlegging på nasjonalt nivå. Noreg har meldt inn under Parisavtalen at utsleppa skal reduserast i 2030 med minst 50 pst. og opp mot 55 pst. samanlikna med 1990. Noreg har forplikta seg til å samarbeide med EU om å redusere utsleppa med minst 40 pst. innan 2030. EU har forsterka klimamålet sitt til minst 55 pst. Noreg ønskjer å samarbeide med EU om gjennomføring av det forsterka klimamålet med EU.
Noreg har eit lovfesta mål om å bli eit lågutsleppssamfunn i 2050. I mai 2021 vedtok Stortinget å forsterke det lovfesta klimamålet for 2050. Målet er å redusere klimagassutsleppa med 90–95 pst. innan 2050 samanlikna med utsleppsnivået i 1990.
Noreg fører ein ambisiøs klimapolitikk. Sektorovergripande verkemiddel i form av avgifter og deltaking i det europeiske kvotesystemet er hovudverkemidla og dekkjer om lag 85 pst. av klimagassutsleppa i Noreg. Norske klimaavgifter er svært høge i internasjonal samanheng, både i utbreiing og nivå. I tillegg til kvotar og avgifter bruker Noreg direkte regulering, standardar, avtalar og subsidiar til utsleppsreduserande tiltak, irekna støtte til forsking og teknologiutvikling, som verkemiddel i klimapolitikken.
I klimalovrapporteringa presenterer regjeringa sin klimaplan mot 2030, og her er ei nærmare beskriving av korleis Noreg skal nå sine klimamål.
Noreg har eit nasjonalt mål om at samfunnet skal førebuast på og tilpassast klimaendringane, jf. delmål 13.1 og 13.3. Eit godt naturvitskapleg kunnskapsgrunnlag er sentralt i arbeidet med klimatilpassing. Norsk klimaservicesenter (KSS) skaffar fram, legg til rette og formidlar klima- og hydrologiske data for bruk i arbeidet til forvaltninga med klimatilpassing og gjev råd om bruk av dataa. Nettstaden Klimatilpasning.no skal bidra til å spreie kunnskap og rettleie om klimaendringar og klimatilpassing. Omsynet til klimatilpassing er innarbeidd i statlege planretningslinjer for klima- og energiplanlegging og klimatilpassing. For å styrkje klimaberedskapen set regjeringa i gang eit arbeid med ein ny strategi for klimatilpassing. Dette arbeidet vil skje i form av ei stortingsmelding.
Norsk støtte til klimatiltak i utviklingsland (jf. delmål 13a og 13b) er sentralt for å kjempe mot fattigdom og å nå berekraftsmåla. Støtte til arbeidet utviklingslanda gjer med å nå innmelde klimaplanar (NDC) vil vere ei viktig føring for korleis klimafinansieringa blir innretta framover. Under klimaforhandlingane i Glasgow i 2021 annonserte Noreg ei dobling av klimafinansieringa seinast i 2026. Innanfor dette målet skal støtta til klimatilpassing minst tredoblast.
Det grøne klimafondet er hovudkanalen for klimafinansiering under klimakonvensjonen. Regjeringa gjev eit bidrag til fondet på 800 mill. kroner årleg i perioden 2020–2023. Noreg bidreg også med betydeleg finansiering gjennom utviklingsbankane, som gjev ein vesentleg og aukande del av midlane sine til klimarelaterte tiltak. I tillegg støttar Noreg viktige klimatiltak gjennom det bilaterale samarbeidet på landnivå. Klima- og skoginitiativet er Noregs største internasjonale klimasatsing. Initiativet har gjort Noreg til eit føregangsland i langsiktig finansiering for å stanse tapet av naturskog og bidra til berekraftig arealforvaltning. Regjeringa trappar opp støtta til klimatilpassing, inkludert innsatsen for førebygging og trygg matvaretilgang.
Regjeringen oppretta i 2022 Statens klimainvesteringsfond for fornybar energi i utviklingsland (Klimainvesteringsfondet). Fondet er forvalta av Norfund og skal bidra til reduserte klimagassutslepp ved å finansiere utbygging av fornybar energi i utviklingsland med store utslepp frå fossil kraftproduksjon, særleg kolkraft.
For meir informasjon om Noregs internasjonale klimainnsats, sjå programkategori 12.70 internasjonalt klimaarbeid og Prop. 1 S (2022–2023) for Utanriksdepartementet.
Mål 14 Bevare og bruke hav og marine ressursar på ein måte som fremjar berekraftig utvikling
Noregs omfattande bruk av havet og ressursane i havet fører med seg eit ansvar for å forvalte havområda på ein langsiktig og ansvarleg måte. Noreg baserer bruken av havet på berekraft og økosystembaserte tilnærmingar.
Forvaltningsplanane for havområda er verktøy for ei heilskapleg og økosystembasert forvaltning som fremjar både berekraftig bruk og bevaring av økosystema, og har eit heilskapleg perspektiv på miljøtilstand, verdiskaping, påverknader og samla belastning på havområda. Forvaltningsplanane for Barentshavet–Lofoten, Norskehavet og Nordsjøen–Skagerrak er nedfelte i Meld. St. 20 (2019–2020), med tiltak for berekraftig bruk og bevaring av økosystema. Framtidig verdiskaping basert på bruk av marine ressursar er avhengig av god miljøtilstand og eit rikt naturmangfald i havet, og å halde ved lag naturmangfald og produktivitet i økosystema er sentralt for at dei marine naturverdiane skal halde fram med å vere fornybare. Forvaltningsplanane for havområda er difor òg eit viktig verktøy for verdiskaping og trygg matvaretilgang. Deling av erfaring og kunnskap frå systemet med forvaltningsplanar for havområda er eit viktig bidrag frå Noreg til integrert og økosystembasert forvaltning internasjonalt, mellom anna gjennom arbeidet i Høgnivåpanelet for ein berekraftig havøkonomi (Havpanelet). Forvaltningsplanane for dei norske havområda skal vidareutviklast fram mot neste oppdatering i 2024.
Kystområda blir forvalta med mål om å oppnå god økologisk og kjemisk tilstand for alle vassførekomstar. Dei regionale vassforvaltningsplanane for 2022–2027 med tilhøyrande tiltaksprogram er oppdaterte og vedtekne i alle fylkesting, og regjeringa er no i ferd med å godkjenne planane. I samband med godkjenninga vil regjeringa styrkje innsatsen for å nå miljømåla.
Marine verneområde og andre arealbaserte bevaringstiltak er viktige verktøy for å ta vare på økosystem og naturverdiar, samstundes som det er mogleg å drive berekraftig næringsaktivitet. Det er etablert marine beskytta område og marine verneområde i norske farvatn. Til no er det etablert 17 marine verneområde for å verne særlege naturverdiar og stor biologisk produksjon, og dessutan fire nasjonalparkar med stor del marine areal. Arbeidet med å etablere nye marine verneområde held fram. Meld. St. 29 (2020–2021) Heilskapleg nasjonal plan for bevaring av viktige område for marin natur legg grunnlaget for vidare arbeid med bevaring av viktige område for marin natur i norske havområde.
Klimaendringar og havforsuring er vesentlege påverknadsfaktorar som aukar den samla belastninga på artar og økosystem og kan føre til betydelege endringar i grunnlaget for berekraftig bruk av havet og dei marine ressursane. Dette er ei utfordring for forvaltninga av aktivitet som kan påverke miljøverdiane. Noreg vil styrkje kunnskapen om korleis forvaltninga av havområda best kan vareta omsynet til å gjere marint naturmangfald og økosystem motstandsdyktige mot negative verknader av klimaendringar og havforsuring.
Forvaltninga får viktig kunnskap gjennom miljøovervaking, forsking og kartleggingsprogram for mellom anna havbotn (Mareano-programmet) og sjøfugl (SEAPOP/SEATRACK). Mareano har kartlagt terrenget på havbotnen i om lag 290 000 km2 av norske havområde og kartlegg òg geologiske, biologiske og kjemiske miljøtilhøve på havbotnen. SEAPOP/SEATRACK følgjer tilstanden til sjøfuglbestandane og kartlegg arealbruken til sjøfuglane. Desse programma har gjeve verdifull ny kunnskap om så vel naturtypar og artar som påverknad frå menneskeleg aktivitet. Kunnskapen blir brukt til å forbetre forvaltninga av havområda.
Noreg har eit strengt regelverk for regulering av forureining gjennom forureiningslova. Utsleppa av miljøgifter frå punktkjelder på land er reduserte, men det er framleis tilførslar av miljøfarlege stoff til havområda. Kunnskapen om samla effekt av dei ulike miljøgiftene er avgrensa. Nasjonalt blir det arbeidd med å redusere utslepp frå hav- og landbaserte kjelder.
Noreg arbeider for ein ambisiøs global avtale om plastforureining. Plastavfall i verdshava er eit globalt problem. Under norsk formannskap vedtok FNs miljøforsamling i mars 2022 å setje ned ein internasjonal forhandlingskomité for å starte forhandlingar om ein rettsleg bindande avtale. Noreg leier ein høgambisjonskoalisjon saman med Rwanda for å auke ambisjonsnivået i forhandlingane. Under bistandsprogrammet mot marin forsøpling blir det arbeidd for å styrkje avfallshandtering i utviklingsland og fremje meir berekraftig bruk av plastprodukt. Noreg støttar også aktivt opp om arbeidet med plastavfall under Baselkonvensjonen. Den nasjonale plaststrategien som vart lagd fram i 2021, ligg generelt til grunn også for prioriteringane til denne regjeringa og vil vere eit viktig tiltak for å nå mål 14.
Internasjonalt er det i gang viktige prosessar som vil vere avgjerande for dei havrettslege og institusjonelle rammene for implementeringa av berekraftsmål 14. Dette knyter seg til regelverk for å beskytte biodiversitet og fordeling av genressursar på opent hav, samspelet mellom globale og regionale mekanismar for implementering, globale mekanismar for tema som til dømes marin forsøpling og mikroplast. Med ei tradisjonelt leiande rolle i det internasjonale arbeidet innan havrett og miljø- og fiskeriforvaltning er det viktig at Noreg aktivt søkjer å påverke dei prosessane som er i gang, på ein mest mogleg einsarta og løysingsorientert måte. FNs sjøfartsorganisasjon utviklar internasjonale standardar for tryggleik og miljø i den globale skipsfarten, og Noreg er ein aktiv pådrivar også i dette arbeidet. Noreg legg vidare vekt på miljøsamarbeidet med andre land mellom anna gjennom arbeidet i OSPAR (konvensjonen for vern av det marine miljø i Nordaust-Atlanteren) og i Arktisk råd.
Mål 15 Verne, tilbakeføre og fremje berekraftig bruk av økosystem, sikre berekraftig skogforvaltning, motverke ørkenspreiing, stanse og reversere landforringing og stanse tap av artsmangfald
Nedbygging og andre arealbruksendringar medfører tap og fragmentering av leveområde og påverkar naturmangfald, jordvern og klima. Andre påverknader kjem frå forureining, framande arter og klimaendringar, som blir stadig viktigare.
Meld. St. 14 (2015–2016) Natur for livet – norsk handlingsplan for naturmangfold og Stortingets behandling av denne er Noregs viktigaste verkemiddel i arbeidet for å nå ambisjonane i Aichimåla frå 2010 om å ta vare på naturmangfaldet. Berekraftsmål 15 er harmonisert med Aichimåla. Det er difor viktig å følgje opp naturmangfaldmeldinga for å oppfylle berekraftsmål 15. Dei tre nasjonale måla for naturmangfald handlar om god tilstand i økosystema, å ta vare på trua artar og naturtypar og om langsiktig vern av eit representativt utval norsk natur. I Noreg har vi gjort mykje for å ta vare på økosystema på land gjennom ei kunnskapsbasert forvaltning. I dag er 17,6 pst. av fastlandsarealet verna etter naturmangfaldlova.
Regjeringa held fram med arbeidet med å følgje opp naturmangfaldmeldinga. Eit hovudgrep i meldinga er å setje tverrsektorielle, nasjonale mål for økologisk tilstand for økosystema og innrette forvaltninga etter desse måla. Regjeringa er i gang med å etablere ein meny av ulike tiltak som bidreg til å ta vare på eit mangfald av økosystem i god økologisk tilstand. Det er gjort tilstandsvurderingar etter det nye fagsystemet av den økologiske tilstanden i arktisk tundra, skog, fjell og i havområda.
Noreg deltek aktivt i forhandlingane om eit nytt globalt rammeverk for bevaring av natur. Dette skal vedtakast av konvensjonen om biologisk mangfald på det femtande partsmøtet.
Nær 40 pst. av landarealet i Noreg er dekt av skog. Ifølgje Norsk raudliste for artar 2021 lever 1 330 trua artar i skog, og om lag 1 132 av desse er rekna for å vere negativt påverka av tidlegare eller noverande arealendringar knytte til skogbruk. Regjeringa vil auke skogvernet til 10 pst. av skogen, i tråd med mål sette av Stortinget. Gjeldande politikk for berekraftig forvaltning av skog vart presentert i ei melding til Stortinget i 2016, jf. delmål 15.1 og 15.2. Auka skogbruksaktivitet skal kombinerast med større vekt på miljøomsyn i skogbruket. Berekraftig skogbruk vil medverke til klimatilpassing og gje grunnlag for å fase ut fossile produkt og til å sikre område som er viktige for både naturmangfald, friluftsliv og kulturminne og kulturmiljø.
Noreg vil òg arbeide for eit styrkt internasjonalt samarbeid om grensekryssande utfordringar på skogområdet og for å sikre berekraftig skog- og arealbruk internasjonalt, mellom anna i FN, jf. delmål 15a og 15b. FN-strategien for skog representerer ein milestolpe i dette arbeidet. Noreg støttar måla i planen.
Skog og arealbruk utgjer om lag ein tredjedel av løysinga for at vi skal nå temperaturmålet i Parisavtalen. Det er ein nær samanheng mellom klimaendringar og tap av natur. Noregs største internasjonale innsats på dette området er Klima- og skogsatsinga, som medverker til redusert og reversert tap av tropisk skog. I 2021 gjorde det britiske presidentskapet for klimatoppmøtet i Glasgow skog og arealbruk til ei stor global prioritering. Noreg bidrog til dette gjennom partnarskapen med Storbritannia og Tyskland gjennom GNU-samarbeidet (Germany, Norway and UK). På høgnivåmøtet med regjeringssjefar underteikna 143 land Glasgow-erklæringa om å stanse tap av skog før 2030. Noreg og 11 andre land kom med ein lovnad om å støtte tropisk skog med 12 mrd. dollar fram til 2025, og private kjelder lovde 7,2 mrd. dollar. Noreg jobba aktivt for å auke finansieringa til område som hittil har fått lite merksemd, men som er viktige dersom vi skal nå globale mål. Til saman 1,7 mrd. dollar er lovde frå offentlege og private kjelder for å styrkje urfolk sine rettar til land fram til 2025 og 1,5 mrd. dollar til skogane i Sentral-Afrika. Det er oppretta eigne mekanismar for å overvake desse forpliktingane og rapportere på korleis pengane blir brukte.
Privat finansiering har potensial til å bli viktigare enn bistand. I 2021 annonserte Noreg, USA og Storbritannia, saman med store selskap som Amazon, Unilever og Nestlé, gjennom LEAF-koalisjonen eit løfte om 1 mrd. dollar til betaling for utsleppsreduksjonar frå skog i utviklingsland i perioden 2022–2026. Utover å krevje ein høg standard for sosial- og miljømessig integritet («ART/TREES») for utsleppsreduksjonar krev LEAF at kjøparane betaler for utsleppsreduksjonar, som kjem som tillegg til betydelege kutt i eigne utslepp i tråd med vitskapen («science based targets»). LEAF kan betale for utsleppsreduksjonar frå utviklingsland på nasjonalt og subnasjonalt nivå. Over 30 land og jurisdiksjonar sende inn søknader for å inngå avtalar med LEAF om sal av utsleppsreduksjonar i 2021, fleire har komme til i 2022. Dei første fem intensjonsavtalane vart inngått i 2021 med Vietnam, Nepal, Ghana, Costa Rica og Ecuador.
Norske styresmakter har sett i gang ei rad tiltak for å redusere øydelegginga av habitat og stanse tap av naturmangfald, jf. delmål 15.5. Når det gjeld trua natur, er det utarbeidd ein oppfølgingsplan for korleis vi kan betre utviklinga for eit utval trua artar og naturtypar i Noreg mot 2035. Planen inneheld tiltak for 23 artar og 12 naturtypar som direktorata no følgjer opp. Regjeringa har som eit ledd i dette arbeidet sendt på høyring eit forslag om å gjere korallrev og typisk høgmyr til utvalde naturtypar. Miljødirektoratet har vidare levert ei vurdering av trua natur som ikkje er del av oppfølgingsplanen, som Klima- og miljødepartementet no skal ta stilling til. Det er òg vedteke ein nasjonal strategi for å ta vare på pollinerande insekt i 2018. Som ei oppfølging av strategien vart ein tiltaksplan for ville pollinerande insekt lansert i august 2021.
Regjeringa vil framleis prioritere arbeidet med skogvern og marint vern. For andre økosystem går det prosessar på avgrensa supplerande vern av viktige naturområde. I tillegg er det sett i gang eit arbeid med vern av nye og utvida nasjonalparkar. Eit representativt utval av økosystem til fjells er verna. Det er viktig å sikre verneverdiane framover, mellom anna i form av forvaltningsplanar for fjellområda.
Klima- og miljødepartementet bidreg til delmål 15.6 om å fremje tilgang til og rettferdig fordeling av gode ved bruk av genetiske ressursar. Tilgang til norske genetiske ressursar blir regulert av naturmangfaldlova og forskrift om tradisjonell kunnskap knytt til genetiske ressursar. Noreg bidreg årleg til plantetraktatens fond for fordelsdeling og gjev tilgang til plantegenetiske ressursar for mat og landbruk i tråd med føresegnene i traktaten.
I april 2020 vart det lagt fram ei stortingsmelding om miljøkriminalitet. Meldinga presenterer ein heilskapleg politikk for å styrkje innsatsen mot miljøkriminalitet nasjonalt og internasjonalt og dermed redusere den negative påverknaden miljøkriminalitet har på klima og miljø, mellom anna tiltak for å stanse krypskyting og ulovleg handel, jf. delmål 15.7. Arbeidet med å følgje opp meldinga er i gang.
Det er ei utfordring å nå delmål 15.8 om å hindre innførsel og spreiing av framande artar. Framande artar er ein alvorleg trussel mot naturmangfaldet. Ifølgje Artsdatabanken er det registrert 1 473 skadelege framande artar i norsk natur (Fastlands-Noreg med havområde) som kan formeire seg under norske tilhøve. 16 pst. av desse utgjer høg eller svært høg risiko for naturmangfaldet. Totalt utgjer 70 pst. av dei framande artane ein økologisk risiko. Ein tverrsektoriell tiltaksplan for å hindre spreiing av og kjempe mot og kontrollere framande skadelege artar vart vedteken sommaren 2020.
I det internasjonale samarbeidet for naturmangfald, berekraftig skogforvaltning og miljøkriminalitet bidreg Noreg gjennom utviklingspolitikken, Klima- og skoginitiativet og deltaking i mellomstatleg samarbeid, mellom anna i FNs organisasjon for mat og landbruk (FAO). Sidan Klima- og skoginitiativet vart lansert i 2007, er det inngått ei rekkje partnarskapsavtalar, mellom anna med Colombia, Guyana, Peru, Etiopia, Liberia, Indonesia, Brasil og med landa i Sentral-Afrika gjennom Central Africa Forest Initiative. Noreg betaler her for verifiserte reduksjonar av utslepp frå skog i løpet av avtaleperioden eller for investeringar som har slike utsleppsreduksjonar som mål. Sidan starten i 2008 har initiativet betalt til saman 10 mrd. kroner for meir enn 290 mill. tonn reduserte utslepp av CO2 og medverka til ei rekkje reformer for betre skogforvaltning i landa. Mykje av avskoginga som skjer, er ulovleg, og handel med ulovlege råvarer aukar presset på skogen. Ein sentral del av innsatsen til Klima- og skoginitiativet rettar seg mot å nedkjempe skogkriminalitet. Ein føresetnad for innsatsen til styresmaktene på nasjonalt nivå, og næringslivet i marknaden, er tilgang til data om kvar og korleis skogen forsvinn. Difor satsar Klima- og skoginitiativet på å betre tilgangen til data om skogen og aktørane og finansstraumane som øydelegg han. Klima- og skoginitiativet har vore ein leiande aktør i å etablere ein infrastruktur for offentleg tilgjengelege data om skogen. I dag er høgoppløyselege satellittbilete av den tropiske skogen gratis og offentleg tilgjengelege for verda. Noreg samarbeider også med næringslivsaktørar, sivilsamfunnsorganisasjonar og kunnskapsmiljø som medverkar i innsatsen for å bevare regnskogen. Gjennom Meld. St. 24 (2016–2017) Felles ansvar for felles framtid er det vedteke at Klima- og skoginitiativet skal førast vidare på eit høgt nivå fram til 2030.
Mål 16 Fremje fredelege og inkluderande samfunn for å sikre berekraftig utvikling, sørgje for tilgang til rettsvern for alle og byggje velfungerande, ansvarlege og inkluderande institusjonar på alle nivå
Klima- og miljødepartementet bidreg internasjonalt gjennom Klima- og skoginitiativet til å oppnå delmål 16.4 om å motarbeide organisert kriminalitet ved å støtte innsatsar mot ulovleg avskoging og ulovleg gruvedrift i tropiske skogland. Arbeidet til regjeringa med å følgje opp stortingsmeldinga om miljøkriminalitet, slik det er omtalt for delmål 15.7, er også i stor grad relevant for oppnå delmål 16.4.
Gjennom Noregs medlemskap i verdsarvkomiteen har Noreg bidrege til å nå delmål 16.6 Utvikle effektive, ansvarlege og opne institusjonar på alle nivå gjennom å bidra til at komitévedtak var basert på faglege vurderingar innanfor ramma av verdsarvkonvensjonen og andre overordna føringar i norsk Unesco-politikk.
Mål 17 Styrkje verkemidla som trengst for å gjennomføre arbeidet, og fornye globale partnarskap for berekraftig utvikling
Klima- og miljøministeren møter fast i Topplederforum for bærekraftsmålene som vart oppretta i 2022 og er leidd av kommunal- og distriktsministeren. Topplederforum skal gje innsikt frå kommunesektoren, organisasjonane til næringslivet, arbeidstakarsamanslutningane, frivillige organisasjonar og statlege verksemder og er eit viktig tiltak under mål 17. Klima- og miljødepartementet har våren 2022 oppretta ein interdepartemental dialogarena for klima- og miljøkunnskap. Arenaen skal bidra til eit systematisk interdepartementalt samarbeid om overordna og tverrsektorielle tema i tråd med strategien for departementsfellesskapen Gode hver for oss. Best sammen. (2021–2025). Miljødirektoratet samarbeider med Statistisk sentralbyrå i arbeidet med å utvikle nasjonale målepunkt for berekraftsmåla.
8.3 Anna klima- og miljøarbeid i staten
Gode, enkle og effektive miljøleiingssystem, til dømes ISO 14001, EMAS (Eco Management and Audit Scheme) eller Miljøfyrtårn, sikrar at verksemda har oversikt over dei mest vesentlege miljøbelastningane og har målsetjingar og rutinar for kontinuerleg å redusere desse. For dei fleste statlege verksemdene vil tema som anskaffingar, energibruk i bygg, IKT, transport og avfallshandtering stå sentralt. Miljøleiingssystemet skal medverke til kontinuerleg forbetring av den totale klima- og miljøpåverknaden frå departementsfellesskapen. I tillegg til ei meir klima- og miljøvennleg departementsverksemd medverkar arbeidet òg til modernisering og effektivisering.
Departementsfellesskapen har eit miljøleiingssystem sertifisert etter EMAS-krava. Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa (DSS) koordinerer felles miljømål for departementsfellesskapen og har hovudansvaret for oppfølginga av styringssystemet, men departementa er sjølve ansvarlege for å nå måla i eiga verksemd.
Fleire underliggjande etatar og andre statlege verksemder har miljøleiingssystem og arbeider systematisk med å redusere miljøbelastningar gjennom anskaffingar og dagleg drift.
9 Samfunnstryggleik og beredskap
Dei måla og prioriteringane som er gjevne i Meld. St. 5 (2020–2021) Samfunnssikkerhet i en usikker verden, Meld. St. 21 (2012–2013) Terrorberedskap og Instruks for departementenes arbeid med samfunnssikkerhet, er utgangspunktet for Klima- og miljødepartementets arbeid med samfunnstryggleik og beredskap. Ei systematisk og heilskapleg tilnærming er sentralt for å vidareutvikle beredskapsarbeidet i sektoren. I denne samanhengen er evaluering av hendingar og øvingar eit viktig moment. Det medverkar til å avdekkje veikskapar og læringspunkt som er avgjerande for dei risiko- og sårbarheitsvurderingane departementet gjer. Resultatet av arbeidet dannar grunnlag for dei vala, prioriteringane og avgjerdene som blir tekne med omsyn til sikring av viktige verdiar og tryggleik i samfunnet.
9.1 Ansvarsområde
Klima- og miljødepartementet skal bidra til å førebyggje at det skjer uønskte hendingar, og redusere konsekvensar av uønskte hendingar innanfor klima- og miljøsektoren. Arbeidet med risiko- og sårbarheitsanalysar, overordna risikobilete for sektoren, beredskapsplanverk og øvingar er difor prioriterte oppgåver. Kvar enkelt etat medverkar i dette arbeidet ved mellom anna å gjennomføre eigne analysar over risiko og sårbarheit innanfor sitt område.
Det er ført tilsyn med departementet sitt arbeid med samfunnstryggleik og beredskap i 2020–2021. Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) førte tilsynet på vegner av Justis- og beredskapsdepartementet. Inntrykket til DSB er at Klima- og miljødepartementet har arbeidd målretta på fleire område for å ta hand om ansvaret sitt, men det er avdekt tre brot på krav. Brota dreier seg om å forklare effekten av tiltak, øvingar og om evaluering av øvingar. Klima- og miljødepartementet har utarbeidd ein oppfølgingsplan for å handtere og rette brota og arbeider med gjennomføringa av oppfølgingsplanen.
Meteorologiske tenester
Meteorologisk institutt (MET) som ligg under Klima- og miljødepartementet, har ei viktig rolle innanfor samfunnstryggleik og beredskap i Noreg. MET forvaltar kritisk infrastruktur, og meteorologiske tenester utgjer ein kapabilitet som inngår i den kritiske samfunnsfunksjonen Natur og miljø. Dei er ein aktiv del av totalforsvaret ved at dei leverer utvida meteorologisk støtte etter avtale med dei aktuelle einingane i Forsvaret ved krise og krig og under større militære øvingar. MET overvaker, varslar og formidlar vêret og bereknar klimaet i notid og framtid for at styresmaktene, næringslivet, institusjonar og allmenta kan sikre liv og verdiar, planleggje og verne miljøet. METs tenester er forskingsbaserte. Dei operasjonelle tenestene tek i bruk resultata frå ny forsking, og instituttet driv forsking og utvikling på alle fagområda sine. Sjå omtale av MET i del II og i kap. 10.2 Den kritiske samfunnsfunksjonen Natur og miljø.
Akutt forureining- og atomberedskap
Det er nasjonale mål at forureining ikkje skal skade helse og miljø, og at utslepp av farlege stoff skal stansast. Dei nasjonale måla for forureining omfattar òg radioaktiv forureining.
Klima- og miljødepartementet har ansvar etter forureiningslova dersom eit uhell eller ei ulykke medfører radioaktive utslepp og avfall. Det operative ansvaret ligg hos Direktoratet for strålevern og atomtryggleik. Direktoratet gjer òg tiltak for utslepps- og avfallshandtering og bidreg med utvikling av planverk for miljøforvaltninga på atomberedskapsområdet. Eventuelle klager blir behandla av departementet. Miljødirektoratet kan hjelpe til med målingar og gje råd om konsekvensar som nedfall kan ha på det ytre miljøet. Norsk Polarinstitutt kan hjelpe til med avgjerdsgrunnlag som spreiingsmodellering og kunnskap om Arktis, mellom anna iskart.
Ved atomulykker har Helse- og omsorgsdepartementet det overordna ansvaret for beredskapen, medan Direktoratet for strålevern og atomtryggleik er fag- og forvaltningsstyresmakt. Den nasjonale atomberedskapen er organisert gjennom Kriseutvalet for atomulykkeberedskapen, som er leidd av Direktoratet for strålevern og atomtryggleik.
Ansvaret for å stille krav til beredskapen private verksemder har mot akutt forureining, og for å kontrollere at krava blir overhaldne, er lagt til miljøstyresmaktene. Miljødirektoratet stiller beredskapskrav og følgjer opp desse gjennom tilsyn.
Ansvaret for den statlege beredskapen mot akutt forureining er lagt til Nærings- og fiskeridepartementet med Kystverket som utøvande etat. Ved ein statleg aksjon mot akutt forureining har miljøforvaltninga ei rådgjevarrolle og ansvar for å skaffe fram informasjon om miljøverdiar og miljøkonsekvensar.
Norsk Polarinstitutt stiller krav om beredskap for akutt forureining og tiltak for å ta vare på tryggleiken for liv og helse ved gjennomføring av aktivitetar i Antarktis og om forsikring for å dekkje aktivitetane.
Tilpassing til klimaendringane
Klimaendringane er ei av dei aller største utfordringane i vår tid. Verda blir varmare, og faren for upårekna endringar i klimasystemet med alvorlege konsekvensar aukar. Det er eit nasjonalt mål at samfunnet skal førebuast på og tilpassast klimaendringane. Kvart enkelt departement har ansvar for å vareta omsynet til klimaendringar innanfor eigen sektor. Klima- og miljødepartementet har eit spesielt ansvar for å leggje til rette det heilskaplege arbeidet til regjeringa med klimatilpassing. Miljødirektoratet støttar departementet i arbeidet med klimatilpassing. Miljødirektoratet har mellom anna eit ansvar for at departementet har tilgang til det naturvitskaplege kunnskapsgrunnlaget gjennom nasjonal og internasjonal klimaforsking. Dette kunnskapsgrunnlaget skal brukast i gjennomføringa av arbeidet til departementet med klimatilpassing, medrekna overvatn. Sjå særskilt vedlegg Regjeringas klimastatus og -plan, for ytterlegare omtale av klimatilpassing.
Beredskap mot skadar på kulturmiljø
Det er eit nasjonalt mål at eit mangfald av kulturmiljø skal bli teke vare på som grunnlag for kunnskap, oppleving og bruk. Klima- og miljødepartementet har det overordna ansvaret for forvaltninga av kulturmiljø i Noreg. Riksantikvaren samarbeider med andre styresmakter om beredskap og sikring av kulturmiljø, mellom anna om branntryggleiken i verneverdig tett trehusbestand og stavkyrkjer. Auka førekomst av ekstremvêrhendingar som flaum, skred, storm og kraftige nedbørsmengder må òg takast omsyn til i samband med forhindring av skadar framover.
Beredskap mot utslepp av GMO
Genmodifiserte organismar er mikroorganismar, plantar og dyr der den genetiske samansetjinga er endra ved bruk av gen- eller celleteknologi. Klima- og miljødepartementet behandlar søknader om omsetning og utsetjing av levande GMO i naturen. Miljødirektoratet har koordineringsansvar og ansvar for vurdering av miljørisiko. Mattilsynet har ansvaret for vurderingar knytte til helserisiko. Søknader som gjeld GMO-legemiddel til menneske og dyr, blir behandla av Legemiddelverket, inntil vidare.
Etter føresegnene i genteknologilova skal verksemdene syte for nødvendige tryggingstiltak for å hindre helse- og miljømessige skadeverknader. Dersom utslepp skjer, skal verksemda straks setje i verk tiltak for å avgrense skadeverknadene. Tilsynsmakta kan påleggje verksemda å gjennomføre oppsamling eller andre tiltak mot organismane. På grunn av rask teknologiutvikling kan det ventast at også privatpersonar på sikt kan genmodifisere og endre mikroorganismar på ein måte som gjer at samfunnet potensielt kan påførast ny helse- og miljørisiko. Kartlegging av omfanget av ein slik framtidig privat aktivitet er såleis eit viktig tiltak.
9.2 Den kritiske samfunnsfunksjonen Natur og miljø
Arbeidet med å sikre samfunnet mot alvorlege hendingar er eit ansvar som ligg til mange sektorar. I Meld. St. 10 (2016–2017) Risiko i et trygt samfunn blir det gjort greie for kva funksjonar som til kvar tid må haldast oppe for å sikre samfunnet, og kva departement som har ansvar for å koordinere og samordne funksjonane. Klima- og miljødepartementet har ansvaret for den kritiske samfunnsfunksjonen Natur og miljø. Rolla som hovudansvarleg departement inneber mellom anna å sikre nødvendig koordinering og samordning mellom aktuelle departement.
Som ei oppfølging av Meld. St. 10 (2016–2017) Risiko i et trygt samfunn rapporterte Klima- og miljødepartementet på Natur og miljø i Prop. 1 S (2019–2020). Tilstanden til den kritiske samfunnsfunksjonen vart vurdert som tilfredsstillande. Klima- og miljødepartementet vil følgje opp rolla som hovudansvarleg departement for Natur og miljø, inkludert i dette prioritere arbeidet med å sikre eit godt samarbeid mellom aktørane.
Bakgrunnen for den kritiske samfunnsfunksjonen Natur og miljø er behovet for vern av naturen mot påverknad frå menneskeleg aktivitet i form av akutt forureining (forureiningsberedskap) og vern av befolkninga mot naturfare (meteorologitenester og flaum- og skredvarsling). Innanfor samfunnsfunksjonen er det definert tre kapabilitetar for å ta vare på tryggleiken for befolkninga: forureiningsberedskap, meteorologitenester og overvaking av flaum- og skredfare.
I forureiningsberedskap inngår privat, kommunal/interkommunal og statleg beredskap mot akutt forureining til lands og i norske farvatn og på norsk kontinentalsokkel som kan skade naturen.
I meteorologitenester inngår METs tenester:
innsamling, behandling og tilgjengeleggjering av meteorologiske data
utarbeiding og distribusjon av varsel av betydning for liv og tryggleik
utarbeiding av spesielle meteorologiske berekningar og tenester i samband med søk og redningsoperasjonar, kritiske operasjonar og tryggleikstruande hendingar
utarbeiding og distribusjon av flymeteorologisk informasjon for sivil og militær luftfart
I Noreg er MET gjeve særskilde oppgåver knytte til meteorologiske tenester. I vedtektene til MET heiter det: «Meteorologisk institutt står for den offentlige meteorologiske tjenesten for sivile og militære formål. Meteorologisk institutt skal overvåke, varsle og formidle været med høy kvalitet og regularitet og beregne klimaet i nåtid og framtid. Instituttet skal arbeide for at myndighetene, næringslivet, institusjoner og allmennheten best mulig kan vareta sine interesser for sikring av liv og verdier, for planlegging og for vern av miljøet.» MET utviklar og leverer ei lang rekkje nyttige tenester og syter mellom anna for at beredskapsetatane er førebudde på ekstremvêr og anna farleg vêr.
Overvaking av flaum- og skredfare omfattar dei etablerte systema for overvaking og varsling av flaum i større og mindre vassdrag og av flaumskred og snø-, sørpe-, jord- og fjellskred. Noregs vassdrags- og energidirektorat har ansvaret for den nasjonale flaum- og skredvarslingstenesta og har òg ein døgnkontinuerleg beredskapstelefon for flaum- og skredsituasjonar. Noregs vassdrags- og energidirektorat utarbeider i tillegg vassføringsprognosar for heile landet. Nedbørsvarsel frå MET er òg ein viktig del av grunnlaget for overvaking og varsling av flaum og skredfare.
9.3 Informasjonstryggleik i miljøforvaltninga
I nasjonal strategi for informasjonstryggleik og handlingsplan er det slått fast at fagdepartementa har eit overordna ansvar for å ta vare på tryggleiken i IKT-infrastrukturen i sektoren. Det er etablert responsmiljø for IKT-tryggleikshendingar i sektoren (MiljøCERT). I tillegg har Meteorologisk institutt, Miljødirektoratet, Norsk Polarinstitutt og Riksantikvaren etablert styringssystem for informasjonstryggleik og er no sertifiserte etter ISO-27001-standarden. Norsk kulturminnefond, Artsdatabanken og Senter mot marin forsøpling har ikkje fått krav om sertifisering etter ISO 27001-standarden, men etatane skal likevel ha etablert eit styringssystem for informasjonstryggleik som er tilpassa storleiken og eigenarten til verksemdene.
9.4 Førebuande tryggingsteneste
Lov om nasjonal sikkerhet (tryggingslova) tok til å gjelde 1. januar 2019, og alle sektorar arbeider med å implementere lova. Formålet med lova er å tryggje dei nasjonale tryggingsinteressene våre og å førebyggje, avdekkje og motverke tryggleikstruande verksemd. Dei nasjonale tryggingsinteressene blir tryggja ved at departementa identifiserer grunnleggjande nasjonale funksjonar (GNF) innanfor sine ansvarsområde, verksemder av avgjerande betydning for GNF blir underlagde tryggingslova, og nødvendige tryggingstiltak for skjermingsverdige verdiar blir gjennomførte. For å vareta formålet med lova vil GNF-prosessen vere ein kontinuerleg prosess. Denne prosessen kan føre til endringar når det gjeld identifiserte funksjonar og skjermingsverdige verdiar, kva for verksemder som er av vesentleg og avgjerande betydning, og i kva grad ei verksemd er avhengig av eksterne ressursar (andre verksemder). Kva som vil krevjast for å oppnå eit forsvarleg tryggingsnivå, kan òg bli endra.
Klima- og miljødepartementet har identifisert ein grunnleggjande nasjonal funksjon i eigen sektor. «KLD GNF 1: Klima- og miljødepartementets virksomhet, handlefrihet og beslutningsdyktighet» omfattar rolla departementet har som fagleg sekretariat for politisk leiing, utøving av mynde og styring og oppfølging av underliggjande verksemder.
Vi arbeider fortløpande med å kartleggje verksemder som er av vesentleg eller avgjerande betydning for GNF, og identifisere, vurdere og rapportere moglege avhengigheiter. Identifisert GNF er innmeld til tryggingsorganet.
10 Fornye, forenkle og forbetre og likestilling og mangfald i miljøforvaltninga
10.1 Forenklingsarbeid, modernisering og betre gjennomføringskraft
Organisering
Klima- og miljødepartementet er overordna etats- og eigarstyrar for Miljødirektoratet, Riksantikvaren, Enova, Meteorologisk institutt, Norsk Polarinstitutt, Artsdatabanken, Norsk kulturminnefond, Senter mot marin forsøpling, Svalbards miljøvernfond, Kings Bay AS og Bjørnøen AS.
Det statlege miljøarbeidet blir regionalt teke hand om av miljøvernavdelingane hos statsforvaltarane, fylkeskommunane og Sysselmeisteren på Svalbard. Etatar som NORAD, Sjøfartsdirektoratet, Direktoratet for strålevern og atomtryggleik og Folkehelseinstituttet har oppgåver innanfor miljøområdet som Klima- og miljødepartementet styrer.
Forenklingsarbeid, modernisering og betre gjennomføringskraft i departementet
Klima- og miljødepartementet arbeider kontinuerleg med å effektivisere eiga drift.
Regjeringa bestemte at det skulle gjennomførast ein områdegjennomgang av miljøforvaltninga i 2016. Områdegjennomgangen resulterte i 32 tilrådingar om korleis miljøforvaltninga kan bli betre og meir effektiv. Tilrådingane inkluderte òg Klima- og miljødepartementets sektorovergripande rolle.
Fleire av tilrådingane handla om dei administrative systema. Det vart identifisert fleire moglegheiter for å effektivisere dei administrative områda.
Klima- og miljødepartementet har samla IKT-driftsfunksjonane og etablert felles strategisk innkjøpsfunksjon for miljøforvaltninga. Arkivtenestene i miljøforvaltninga vart samordna i 2022. Vidare skal samvirket maksimerast innan andre administrative funksjonar for å auke kunnskapsgrunnlag for betre planlegging og avgjerder.
Det er i tillegg sett i gang eit strategiarbeid for betre og meir effektive administrative tenester på tvers av departementa der Klima- og miljødepartementet deltek aktivt i arbeidet.
Digitaliseringsstrategi for miljøforvaltninga
Krava til IKT-løysingar og IKT-tryggleik i offentleg forvaltning blir stadig viktigare og meir omfattande. Digitaliseringsstrategien for miljøforvaltninga legg føringar for korleis IKT skal driftast, sikrast og utviklast vidare i sektoren. Strategien gjeld for perioden 2020–2024 og rettar merksemda mot digitalisering, dataformidling, IKT-tryggleik og samordning og byggjer på nasjonale råd og standardar. Den etablerte felles driftseininga for miljøforvaltninga varetek IKT-driftstenester for Miljødirektoratet, Riksantikvaren, Norsk Polarinstitutt, Norsk kulturminnefond og Artsdatabanken. Senter mot marin forsøpling vil motta felles IKT-driftstenester fra 2023. Arbeidet med å betre og vidareutvikle desse driftstenestene vil halde fram i tråd med Digitaliseringsstrategi for klima- og miljøsektoren 2020–2024.
Forenklingsarbeid, modernisering og betre gjennomføringskraft i etatane
Miljødirektoratet
Miljødirektoratet har i dag mange digitale løysingar som er utvikla og forbetra gjennom fleire år. Tenestene er på fleire område utvikla med bakgrunn i ambisjonen om å sikre ei effektiv og god brukaroppleving for eksterne brukarar, saman med ei påliteleg og effektiv intern saksbehandling.
Det er mellom anna utvikla heildigitale løysingar for betaling av jeger- og fiskeavgifter, for behandling av søknader for tildeling av fallvilt for preparantar og for lisensiering av ringmerke i Ringmerkbasen. Miljøvedtaksregisteret er ei digital innsynsløysing som gjev allmenta fri tilgang til enkeltvedtak og forskrifter på miljøområdet.
Miljødirektoratet arbeider kontinuerleg med å vidareutvikle og digitalisere arbeidsprosessane i tilskotsforvaltningssystemet Elektronisk søknadssenter (ESS), som har medverka til effektivisering både i forvaltninga og for søkjarane.
Medan Miljødirektoratet er i gevinstrealiseringsfasen for fleire etablerte løysingar, til dømes Produktregisteret, er dei i utviklingsfasen på andre område. Det blir utvikla ei ny teneste for arbeidsstøtte i felt, og applikasjonen Forurensning blir skriven om. Den nye løysinga har fått namnet Tilde og skal handtere aktuelle prosessar for myndeutøvar etter klimalova, forureiningslova og produkttilsyn etter produktkontrollova. Miljødirektoratet jobbar også med ei ny løysing for innhenting av luftmåledata, der data skal analyserast og delast.
Miljødirektoratet jobbar tverrfagleg med å utvikle nye tenester som set brukaren i sentrum, der alt skal vere enklast mogleg og ha mest mogleg sjølvbetening. Miljødirektoratet har starta eit program for å ta i bruk sky som driftsplattform. Dette vil gjere IKT-arbeidet meir robust og gjere det raskare å ta i bruk nye og innovative løysingar.
Riksantikvaren
Riksantikvaren har i løpet av dei siste åra utvikla fleire digitale løysingar som vil bidra til ei einsarta og effektiv kulturmiljøforvaltning. Dette gjeld mellom anna Digisak, som er ein søknadsportal og ei saksbehandlingsløysing for innsending og behandling av tilskots- og dispensasjonssaker. Digisak skal sikre ei enklare og betre brukaroppleving for søkjarar og saksbehandlarar og gje ei effektiv saksbehandling i forvaltninga. Riksantikvaren arbeider kontinuerleg med å forbetre løysinga og utvide Digisak til å inkludere fleire tilskots- og dispensasjonsordningar.
Digitaliserte arkiv gjev god tilgang på informasjon for fylkeskommunar og kommunar. Det er mellom anna utvikla ei søkjeteneste der kulturmiljøforvaltninga har tilgang til Riksantikvarens digitaliserte arkivmateriale, det vil seie digitaliserte historiske saksdokument, saksdokument frå Riksantikvarens digitale sakarkiv, teikningar og bilete.
Ei anna digital teneste, ADED (Archaeological Digital Excavation Documentation), er utvikla i samarbeid mellom universitetsmusea og Riksantikvaren. Tenesta skal bidra til å betre tilgangen til arkeologisk og vitskapleg dokumentasjon gjennom mellom anna utveksling av digital informasjon mellom musea og Riksantikvaren.
Kulturminnefondet
Kulturminnefondet jobbar målretta for at det skal vere enkelt for eigarar av private kulturminne å søkje om tilskot. Digitalisering og digital transformasjon er viktige verkemiddel for å kunne skape engasjement og bidra til at alle kan ha moglegheita til å ta ansvar for kulturminne og kulturmiljø. Kulturminnefondet jobbar kontinuerleg med å vidareutvikle og effektivisere arbeidsprosessar og har utvikla ein tilpassa versjon av Miljødirektoratets elektroniske søknadssenter for publikum. Dette har bidrege til forenkling av søknadsprosessen og effektivisering i saksbehandlinga. Det er også etablert nye digitale samarbeidsflater med søkjarane, til dømes digitale søknadsseminar og digitale synfaringar. Arbeidet med å overføre Kulturminnefondets IKT-drift til den etablerte felles driftseininga for miljøforvaltninga skal etter planen gjennomførast i 2023.
Nettstader og portalar
Den viktigaste vêrtenesta til Meteorologisk institutt (MET) er Yr, som er eit samarbeid mellom Meteorologisk institutt og NRK. I tillegg formidlar MET vêret på TV og i radio og i sosiale medium som Twitter og Facebook. For offentlege verksemder leverer instituttet vêrtenesta Halo, som er ei innloggingsteneste med spesialiserte produkt.
Meteorologisk institutts offisielle datagrunnlag og produkt er også fritt tilgjengelege for publikum for bruk, spreiing og vidare tilarbeiding. Data kan hentast frå nettstadene eller programmeringsgrensesnittet til instituttet, til dømes api.met.no, frost.met.no, threddsmet.no og klimaservicesenter.no.
Både instituttet og samfunnet har gevinst av dei opne dataa og tenestene til instituttet. At tenestene blir gjevne på opne og standardiserte format, gjer det enkelt for andre å integrere vêr- og klimainformasjon i eigne tenester, både bedriftsinterne og til publikum. Dette medverkar på sikt til å forenkle intern tenesteproduksjon ved instituttet.
Miljødirektoratet lanserte ny hovudnettstad – miljødirektoratet.no – i 2019. Den nye hovudnettstaden har medverka til å redusere mengda nettstader, og han støttar opp om målet om meir sjølvbetening gjennom å tilby rettleiing av brukarar.
Miljøforvaltninga har som mål å formidle påliteleg, aktuell og forståeleg miljøinformasjon. Hovudkanalen for informasjon om tilstanden i og utviklinga til miljøet er miljøstatus.no, som har ei målsetjing om å vere den viktigaste kjelda til kunnskap om tilstanden og utviklinga til miljøet. I tillegg driftar miljøforvaltninga nettstader for meir spesifikk informasjon og målgruppetilpassing. Døme på dette er askeladden.ra.no, miljokommune.no og klimatilpasning.no. Oversikt over kva mynde og plikter kommunane har, og hjelp til saksbehandling innan miljøtema vart i 2020 flytta frå nettstaden miljokommune.no til miljodirektoratet.no/myndigheter.
Askeladden.ra.no inneheld data om kulturminne og kulturmiljø som er freda etter kulturminnelova, verna etter plan- og bygningslova eller kulturminnefagleg vurderte som verneverdige. På klimatilpasning.no har ein samla aktuell kunnskap og informasjon om klimatilpassing på éin stad.
Klima- og miljødepartementet og fleire underliggjande etatar er til stades og kommuniserer aktivt i sosiale medium. På Facebook og Twitter treffer ein både gamle og nye brukarar på nye måtar.
10.2 Rapport om likestilling og mangfald i miljøforvaltninga
Miljøforvaltninga er pålagd å arbeide aktivt, målretta og planmessig for likestilling og mot diskriminering innanfor eiga verksemd. For rapportering frå dei ulike verksemdene og etatane utanom departementet viser vi til årsrapportane til dei enkelte verksemdene og etatane. Tabellane 10.1, 10.2 og 10.3 viser kvinnedelen i Klima- og miljødepartementet, totalt og på ulike stillingsnivå, samanlikning av månadleg gjennomsnittslønn for kvinner og menn på ulike stillingsnivå, statistikk for sjukefråværet til menn og kvinner, delen av menn og kvinner på deltid og i mellombels stilling for 2021.
Tabell 10.1 Oversikt over delen kvinner i pst.
Totalt | Topplei.1 | Mellomlei. | Høgtlønte rådg.2 | Saksbeh. | Kontor | |
---|---|---|---|---|---|---|
63 | 50 | 50 | 66 | 63 |
1 Toppleiarar omfattar øvste leiar og leiarar av avdelingar (mellomleiarar er leiarar av seksjonar og einingar under avdelingsnivå).
2 For KLD er spesialrådgjevarar, fagdirektørar, utgreiingsleiarar, avdelingsdirektørar utan personalansvar og seniorrådgjevarar klassifiserte som høgtlønte rådgjevarar. Rådgjevarar, førstekonsulentar og seniorkonsulentar er klassifiserte som saksbehandlarar.
Tabell 10.2 Prosentoversikt over gjennomsnittsløn for kvinner og menn
Kvinner | Menn | |
---|---|---|
Totalt | 92,5 | 100 |
Topplei.1 | 100 | 93,9, |
Mellomlei. | 98,6 | 100 |
Høgtlønte rådg. | 93,4 | 100 |
Saksbeh. | 100 | 97,0 |
Kontor | 0 | 0 |
1 Toppleiarar i KLD inkluderer berre dei som er på leiarlønnskontraktar unnateke departementsråd. For KLD er seniorrådgjevarar klassifiserte som høgtlønte rådgjevarar. Rådgjevarar er klassifiserte som saksbehandlarar.
Tabell 10.3 Prosentoversikt over deltid, mellombels tilsette, legemeldt sjukefråvær og foreldrepermisjon for kvinner og menn
Kvinner | Menn | |
---|---|---|
Deltid1 | 3,6 | 4,2 |
Mellombelse2 | 7,9 | 6,3 |
Legem. fråv. 2021 | 2,5 | 1,9 |
Prosentdel foreldreperm. | 87,8 | 22,2 |
1 Prosentdel av kvinner/menn på deltid (av totalt tal kvinner og totalt tal menn) inkludert vikarar ekskludert permisjonar og tilsette på pensjonistvilkår.
2 Prosentdel av kvinner/menn i mellombels stilling (av totalt tal kvinner og totalt tal menn) inkludert tilsette på pensjonistvilkår, ekskludert vikarar.
Klima- og miljødepartementet
I 2022 vart Norsk Polarinstitutt, Meteorologisk institutt, Riksantikvaren og Miljødirektoratet bedne om å rapportere på aktivitets- og utgreiingsplikta i likestillings- og diskrimineringslova, som eit eige vedlegg i årsrapportane til etatane for 2022. Verksemdene skal mellom anna rapportere på kor mange prosent kvinner det er i verksemda totalt, i toppleiinga, i mellomleiinga, blant høgare lønte rådgjevarar, blant saksbehandlarar og for kontorstillingar. Vidare skal etatane tilsvarande for dei ulike stillingsgruppene rapportere på gjennomsnittleg månadslønn for menn og kvinner. Etatane skal også rapportere på årleg legemeldt sjukefråvær for kvinner og menn og årleg kjønnsfordeling i delen foreldrepermisjon. Vesentlege saker og funn i kartleggingstala skal vurderast i ei tekstleg framstilling. Det skal samstundes også rapporterast kva verksemda gjer for å oppfylle aktivitetsplikta, og kva verksemda gjer for å redusere diskriminering og fremje likestilling. Kva for konsekvensar covid-19-pandemien har hatt når det gjeld likestillinga, skal også vurderast.
Gjennomsnittleg lønnsforskjell mellom kvinner og menn har blitt mindre sidan 2019. Det er framleis ein forskjell, men årsaka til dette er at det er blitt tilsett fleire kvinner i rådgjevar- og førstekonsulentstillingar. Det er fleire kvinner enn menn i rådgjevar- og førstekonsulentstillingar, medan det er nokre fleire mannlege avdelingsdirektørar og spesialrådgjevarar. Dette heng truleg saman med at det er ei klar overvekt av kvinnelege søkjarar til førstekonsulent-/rådgjevarstillingar, medan det er jamnare kjønnsfordeling blant søkjarar til andre stillingskategoriar. Men innan kvar stillingskategori er lønnsforskjellen mindre, og kvinner har til dømes høgare lønn enn menn på toppleiar- og saksbehandlarnivå. Det er ingen indikasjonar på at det er ufrivillig deltid i departementet.
Rapportar og statistikk med likestillingsrelevante oversikter blir årleg presenterte for toppleiargruppa, arbeidsmiljøutval og tillitsvalde. Likestilling og inkludering blir årleg tematiserte i møte med tillitsvalde i departementet.
Oppfølginga av inkluderingsarbeidet er eit viktig innsatsområde for departementet. Klima- og miljødepartementet har justert stillingsannonsane, men arbeider framleis med å gjere tekstane enda betre. NAV gjev hjelp til utforming av stillingsannonsar og med å finne aktuelle kandidatar i målgruppa. Departementet og miljøetatane vart hausten 2019 samde om ein eigen oppfølgingsplan for inkluderingsdugnaden. Planen inneheld mellom anna tiltak som siktar mot betre synleggjering av moglegheitene til å kunne arbeide i miljøforvaltninga. Det er gjennomført ein eigen karrieredag, og DFØs leiarkurs i mangfaldsrekruttering skal brukast av verksemdene i miljøforvaltninga. Det er også lagt opp til jamleg erfaringsutveksling mellom alle verksemdene for personalsjefane i miljøsektoren.
Alle stillingar i departementet blir no publiserte på https://www.jobbforalle.no/. I rekrutteringsprosessane er det sett søkjelys på måla frå inkluderingsdugnaden allereie ved behovsanalysen. Leiarar som rekrutterer, blir oppmoda til å ta kvalifiserte søkjarar inn på intervju som har kryssa av på nedsett funksjonsevne eller har hòl i CV-en.
Departementet har ført vidare ordninga med høve til åtte samanhengande eigenmeldingsdagar i IA-avtalen.
Likestillingskonsekvensar av covid-19-pandemien
Koronakrisa har sett preg på heile samfunnet. Pandemien og tiltaka som er sette i verk for å avgrense smitte og å halde oppe aktiviteten i næringslivet og samfunnet, kan få ulike konsekvensar for ulike personar avhengig av kjønn, alder, etnisitet, religion og livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet osv.
Som offentleg styresmakt er departementa forplikta til å vurdere likestillingskonsekvensar i alt arbeidet sitt, jf. likestillings- og diskrimineringslova § 24 første ledd. Stortinget har i vedtak nr. 537 (2019–2020) bede regjeringa kartleggje effekten av koronakrisa på likestillingsfeltet og komme tilbake til Stortinget med resultat og funn på eigna måte. Klima- og miljødepartementet har ikkje funne likestillingskonsekvensar av koronakrisa så langt i 2020, 2021 og 2022 innanfor miljøsektoren.
Klimaendringar og likestilling
Klimaendringane og klimapolitikk påverkar menn og kvinner ulikt. Det er difor viktig å implementere eit kjønnsperspektiv i utviklinga av klimapolitikken og å sørgje for at jenter og kvinner blir inkluderte og har ei reell påverkingskraft i avgjerdsprosessar om klima.
Hausten 2021 vedtok Nordisk ministerråd for likestilling og LGBTI (MR-JÄM) å forplikte seg til ein flerårig innsats (2022–2024) for å fremje likestilling og kvinner sine rettar i møte med klimaendringane. Forpliktinga har bakgrunn i UN Womens handlingskoalisjon «Feminist action for climate justice». Den 24. januar 2022 arrangerte dei nordiske likestillingsministrane, UN Women og FOKUS ein rundebordskonferanse om klima og likestilling i Oslo. Nordiske politikarar, aktørar frå næringslivet og sivilsamfunnet var inviterte til å delta på konferansen for å diskutere korleis dei nordiske landa betre kan sjå klima og likestilling i samanheng. Handlingskoalisjonen og rundebordkonferansen leidde til ei felles nordisk erklæring om «A Green and Gender Equal Nordic Region», som vart presentert under FNs Kvinnekommisjons konferanse i mars 2022 (CSW66). Klima og likestilling vil vere eit viktig tema under FNs klimaforhandlingar i Sharm el-Sheikh i år (COP27).
Internasjonalt klimaarbeid
Noreg arbeider aktivt for å sikre at vedtak under Klimakonvensjonen fremjar likestilling og ikkje-diskriminering. Noreg fremjar i forhandlingane aktivt posisjonar som skal styrkje involveringa frå og deltakinga til kvinner og urfolk i klimaarbeidet, særleg knytt til klimatilpassing og skog.
I oppbygginga av den internasjonale institusjonelle arkitekturen for klimaarbeid arbeider Noreg for balansert representasjon av kvinner og menn.
Noregs store satsing på å redusere utslepp frå tropisk skog, Klima- og skoginitiativet, arbeider òg målretta med å leggje vekt på likestilling. Særleg viktig i Klima- og skoginitiativet er det å ha ei forståing av korleis likestilling kan inkorporerast i nasjonale utviklingsplanar, for slik å få ein effekt under implementeringa av tiltak. I samarbeid med partnarland, er det søkt å inkludere likestilling både i avtaleverk og i utviklinga og i implementeringa av tiltak. Departementet har drive kompetanseheving og utviklingsarbeid innan likestilling og REDD+, mellom anna i samarbeid med Norad og partnarorganisasjonar som FN.
Kulturminne og kulturmiljø
Riksantikvaren legg vekt på mangfald og likestilling i forvaltninga si og legg vinn på å vere representativ når det gjeld å velje ut kva for kulturminne som blir verna. Intensjonen er å femne livet og historia til både kvinner, menn og minoritetar. Dei fleste kulturminna er kjønnsnøytrale, og likestillingsaspektet er difor knytt til kjønnsfunksjonar og roller i heimen og i samfunnet. På nokre område kan det arbeidet som Riksantikvaren gjer, medverke til at det blir sett sterkare søkjelys på mangfaldet i befolkninga. Eit døme er verdiskapingsprogrammet på kulturminneområdet. I verdiskapingsprogrammet har Riksantikvaren arbeidd for at aktørar av begge kjønn er involverte i gjennomføringa av tiltak og deltek i nettverket til programmet. Arbeidet med dei sektorvise landsverneplanane medverkar vesentleg til å redusere tapet av verdifulle kulturminne og til å bevare breidda av dei. Dette inneber òg at omsynet til likestilling blir betre teke vare på, til dømes gjennom bevaring av anlegg med tilknyting til kvinner sin innsats og profesjonalisering innanfor helse- og omsorgssektoren.
Freda bygningar og anlegg har hatt ulike funksjonar og speglar dermed mellom anna kjønnsrollene i familie og samfunn gjennom tidene. Våningshus, stabbur, seteranlegg og tekstilfabrikkar medverkar til å synleggjere typiske rammer for arbeidet som kvinner har gjort. Dette gjeld i stor grad òg bustader generelt.
10.3 Tilsetjingsvilkår for leiarar i heileigde statlege føretak under Klima- og miljødepartementet
Enova SF
Administrerande direktør Nils Kristian Nakstad hadde ei fastlønn på 2 311 086 kroner i 2021. I tillegg fekk han 9 059 kroner i anna godtgjersle. Kostnadsførte pensjonsforpliktingar var 136 477 kroner.
Pensjonsordninga til administrerande direktør er basert på Statens pensjonskasses til kvar tid gjeldande reglar for pensjonsalder og aldersgrense, og samla kompensasjonsgrad skal ikkje overstige 66 pst. av lønna, og da avgrensa til 12 G.
Gjensidig oppseiingstid er seks månader. Han har ingen avtale om etterlønn.
Kings Bay AS og Bjørnøen AS
Lars-Ole Saugnes er administrerande direktør for begge selskapa. Administrerande direktør fikk 1 188 806 kroner i fastlønn for 2021. I tillegg fekk han 114 534 kroner i anna godtgjerelse. Selskapet har avtale om innskotspensjon for alle tilsette ut frå minimumskrav i lov om obligatorisk tenestepensjon.