Prop. 1 S (2022–2023)

FOR BUDSJETTÅRET 2023 — Utgiftskapittel: 1100–1161 Inntektskapittel: 4100–4150, 5576, 5652

Til innhaldsliste

Del 1
Innleiande del

1 Landbruks- og matpolitikken til regjeringa

Prioriteringar i landbruks- og matpolitikken

Internasjonale forhold og beredskap

Internasjonal usikkerheit med krig i Europa og mat-, klima- og energikriser i store delar av verda viser kor viktig det er med eit berekraftig og aktivt norsk landbruk i heile Noreg som kan levere mat til eiga befolkning i gode og dårlege tider. Med dette budsjettet styrkjer regjeringa denne beredskapen.

Satsing på landbruk og mat

Denne regjeringa satsar på norsk matproduksjon. I regjeringa sin politiske plattforma, Hurdalsplattformen, heiter det at samfunnsoppdraget til jordbruket er å sikre befolkninga i Noreg nok og trygg mat produsert på norske naturressursar. For å sikre landbruk over heile landet, auka verdiskaping og redusert klimaavtrykk er det behov for å auke lønsemda i bruken av jordbruksareala. Næringsutøvarane i landbruket skal ha same moglegheiter til inntekt som andre grupper. Regjeringa arbeider for å tette inntektsgapet mellom jordbruket og andre grupper i samfunnet.

Arbeidet med å følgje opp regjeringa si politiske plattform er i gang, og årets jordbruksoppgjer er starten på å tette inntektsgapet. Jordbruksoppgjeret blei fremja for Stortinget i Prop. 120 S (2021–2022) og vedteke 15. juni 2022. Kompensasjon for auka utgifter i 2022 og starten på å dekkje inntektsgapet, allereie frå inneverande år, er ei klar synleggjering av regjeringa si historiske satsing på landbruks- og matpolitikken.

Jordbruksoppgjeret

Staten inngjekk 16. mai 2022 jordbruksavtale med begge organisasjonane i jordbruket. Avtalen omfattar vesentlege tiltak både i 2022 og 2023. Samla for begge åra gjer avtalen moglegheit for ei inntektsauke på 10 900 mill. kroner. Partane var samde om det var behov for 2 400 mill. kroner i 2022 for å kompensere for inntektssvikten samanlikna med føresetnadene for vedtaket til Stortinget om jordbruksoppgjeret i 2021, og la vekt på å gi kompensasjon og forbetre inntektsmoglegheitene allereie i 2022 på grunn av kostnadssituasjonen i næringa. Avtalen inneber at løyvinga over budsjettet til jordbruksavtalen blir auka med 2 000 mill. kroner i 2022 og ytterlegare 3 505 mill. kroner i 2023. I sum for 2022 og 2023 vil det bli utbetalt 7 505 mill. kroner meir enn budsjettert for 2022, før oppgjeret. Løyvinga for 2022 blei betalt ut av Landbruksdirektoratet i september 2022.

Straumutgifter for landbruket

Primærprodusentar i jordbruket, veksthus og vatningslag fekk frå desember 2021 ei ordning med straumstønad. Regjeringa har såleis følgt opp Stortinget sitt vedtak. Formålet med ordninga er å bidra til at norsk matproduksjon og norsk produksjon i veksthus blir oppretthaldt trass i dei ekstraordinære, høge utgiftene til straum. Regjeringa vil forlenge straumstønadsordninga til jordbruk, veksthus og vatningslag til 1. juli 2023.

Straumstønadsordninga har ei stønadsgrad på 80 pst. opp til forbruk på 20 000 kWt per føretak per månad. Denne grensa er sett for å dekkje eit rimeleg og normalt forbruk av straum for både næring og privat forbruk på eit «vanleg» gardsbruk. For stønad til veksthus og vatningslag er det inga maksimalgrense.

Etablering av Bionova

Regjeringa styrkjer arbeidet med klimatiltak i landbruket og utvikling av den sirkulære bioøkonomien gjennom etablering av Bionova frå 2023. Bionova blir etablert som ein del av Innovasjon Norge. Bionova skal bidra til reduksjon av klimagassutslepp og auka opptak og lagring av karbon i jord på gardsnivå, og bidra til auka verdiskaping gjennom ein meir ressurseffektiv og sirkulær bioøkonomi.

Beredskapslagring for korn

Regjeringa arbeider med å følgje opp punktet i Hurdalsplattforma om etablering av beredskapslagring for korn. Ein tek sikte på å starte etablering av beredskapslagring for matkorn hausten 2023 tilsvarande 2–3 månadars forbruk. Sjølv om handelssystema normalt fungerer, kan det oppstå ulike utfordringar knytte til hendingar i naturen med påfølgjande avlingssvikt som kan medføre uro i verdikjedene. Klimaendringar og meir ekstremver i framtida kan påvirke førekomsten av avlingssvikt og gjere forsyningssikkerheita frå verdsmarknaden meir utfordrande. Sikkerheitspolitiske kriser, som den pågåande konflikten mellom Russland og Ukraina, kan òg gjere matforsyninga meir utrygg. Dette gjer at det vil vere viktig å komme i gang med etablering av beredskapslagring for matkorn.

Landbruksdirektoratet har på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet greidd ut om beredskapslagring for matkorn. Departementet mottok rapporten 15. juni 2022.

Næringsmiddelindustrien

Næringsmiddelindustrien omfattar eit stort tal arbeidsplassar, om lag 40.000. Ein stor del av verksemdene ligg i distrikta. I mange område utgjer denne industrien dei viktigaste industriarbeidsplassane, og har stor verdi for verdiskaping, sysselsetjing og busetjing.

Jordbruket er avhengig av ein livskraftig næringsmiddelindustri for foredling av sine råvarer. Industrien er samstundes avhengig av norske råvarer for sin produksjon. Til saman dekkjer jordbruket og industrien heile verdikjeda for matproduksjon.

Importvernet for jordbruksvarer er viktig for å oppretthalde ein levedyktig industri. Auka konkurranse stiller samstundes krav til verksemdene si evne til omstilling, effektivisering og innovasjon. Jordbruksavtalen har ordningar som skal kompensere for prisforskjellar på jordbruksråvarer mellom Noreg og utlandet, slik at næringsmiddelindustrien i Noreg kan produsere og omsetje industrielt arbeidde jordbruksvarer basert på norskproduserte jordbruksråvarer.

Under pandemien var det viktig for regjeringa å sikre arbeidskraft til industrien som følgje av den samfunnskritiske funksjonen til næringa.

Matnasjonen Noreg og satsing på lokalmat og -drikke

Arbeidet med Matnasjonen Noreg som ei felles ramme for arbeid med næringsutvikling og verdiskaping innan verdikjeda for mat basert på ressursar frå hav og land skal vidareførast. Tverrsektorielt samarbeid mellom blå og grøn sektor og samarbeid knytt til kostholds- og folkehelsearbeidet er viktig. Regjeringa si satsing på lokalmat og -drikke, i tillegg til arbeidet med å byggje heilskaplege mat- og reiselivskonsept, blir særskilt følgt opp gjennom tiltak innanfor Utviklingsprogrammet og gjennom nasjonale og regionale samarbeidsarenaer og verkemiddel.

Skog- og trenæringa og haustbare viltressursar

Regjeringa har nyleg lagt fram eit vegkart for grønt industriløft, der skog- og trenæringa og anna bioøkonomi er eitt av satsingsområda. Bioressursane frå hav og land skal brukast til klimavenlege og lønsame produkt, inkludert biodrivstoff, og bidra til å utvikle industriarbeidsplassar og lange verdikjeder i Noreg. Eit berekraftig skogbruk, saman med ein lønsam foredlingsindustri, gir positive nærings-, energi- og klimabidrag. Regjeringa styrkjer løyvinga til skogbruket. Hovudprioriteringane er betre infrastruktur for transport av tømmer, auka planting, ungskogpleie og skogplanteforedling for større produksjon av trevirke og auka opptak av CO2 i skogen. Målet er større bidrag frå skogbruket til verdiskaping og grøn omstilling av økonomien.

Regjeringa vil leggje til rette for ei berekraftig forvaltning av dei haustbare viltartane og gode rammer for jakt og fangst. Det er unytta moglegheiter for auka næringsutvikling og verdiskaping knytt til mellom anna sal av jakt og jaktopplevingar og vidareutvikling av viltkjøttnæringa. Arbeidet med å gjennomgå og modernisere viltlova, byggje opp under ei berekraftig viltforvaltning og leggje til rette for auka næringsutvikling basert på jakt og viltet som matressurs, er viktige prioriteringar framover.

Berekraftig reindriftsnæring

Regjeringa vil leggje til rette for ei berekraftig reindriftsnæring. Reindriftsavtalen 2022/2023 bidreg til å styrkje rammevilkåra i reindriftsnæringa, og legg til rette for utvikling på område som er sentrale for ei berekraftig reindrift. Avtalepartane har prioritert dei direkte tilskotta, ivaretaking av reindrifta sine areal, klimatilpassing og beredskap, rekruttering og infrastrukturtiltak. Avtalen vidarefører prioriteringa av dei som har reindrift som hovudverksemd. Reindrifta står overfor store utfordringar som følgje av klimaendringane, og det er naudsynt å sjå heilskapleg på korleis reindrifta kan tilpassast eit endra klima. Både i 2020 og 2022 har reindrifta hatt omfattande beitekriser, som følgje av låste beiter eller store snømengder. Tilgang til naudsynte areal er avgjerande for å nå måla om produksjon og lønsemd, og det er ei viktig prioritering i reindriftspolitikken å leggje til rette for dette.

Berekraft

Berekraftsmåla set ambisiøse mål for sosial, økonomisk og miljømessig utvikling fram mot år 2030, og skal bidra både nasjonalt og internasjonalt for å byggje berekraftige matsystem. Meld. St. 40 (2020–2021) Mål med mening — Norges handlingsplan for å nå bærekraftsmålene innen 2030 slår fast at berekraftsmåla er det politiske hovudsporet for å ta tak i dei største utfordringane i vår tid. Berekraftsmåla er på denne måten ei overbygning for regjeringa sin politikk nasjonalt og internasjonalt.

Regjeringa styrkjer berekrafta i verdikjeda for mat gjennom verkemiddel både innanfor og utanfor jordbruksavtalen. Særleg viktige område er jordvern, klima- og miljøarbeidet i jordbruket, dyrehelse og mattryggleik. Regjeringa legg vekt på medverking og samarbeid med landbruket gjennom jordbruksavtalen. Miljømessig, økonomisk og sosial berekraft heng tett saman og skal bidra til å oppnå berekraftsmåla til FN.

Landbruks- og matdepartementet har ansvaret for å koordinere det nasjonale arbeidet med FN sitt berekraftsmål 2 Utrydde svolt, og har delansvar under fleire andre mål, mellom anna berekraftsmål 12 Ansvarleg forbruk og produksjon og mål 15 Livet på land. Status og nasjonal oppfølging av FN sine berekraftsmål er omtalt i Del III.

Miljø- og klimaarbeidet

Kulturlandskapet i jordbruket, med sitt mangfald og variasjon av natur- og kulturverdiar, er ein viktig del av landskapet i Noreg. Ein føresetnad for ivaretaking av kulturlandskapet er eit aktivt landbruk over heile landet. Artar, naturtypar, kulturminne og kulturmiljø er store verdiar knytte til jordbrukslandskapet. Landbruket sitt bidrag til løysing av klimautfordringane og reduksjon av forureining, står høgt på dagsordenen. Miljø- og klimasatsinga over jordbruksavtalen skal bidra til å halde ved lag kulturlandskapet og redusere miljøbelastninga frå jordbruket. Regjeringa har inngått ein intensjonsavtale med organisasjonane i jordbruket om å arbeide for reduserte utslepp og auka opptak av karbon i jordbruket. Denne avtalen ligg til grunn for klimaarbeidet i sektoren framover, og det går òg fram av Meld. St. 13 (2020–2021) Klimaplan 2021–2030. Etablering av Bionova blir òg eit viktig verktøy for å nå måla i klimaavtalen. I jordbruksoppgjeret 2022 blei miljø- og klimainnsatsen i jordbruket ytterlegare styrkt. Satsinga i år skal bidra til å følgje opp klimaavtalen mellom regjeringa og organisasjonane i jordbruket og arbeidet med å nå andre miljømål, til dømes innan vassmiljø og kulturlandskap. Oppfølging av Helhetlig tiltaksplan for Oslofjorden blei særskilt prioritert i forhandlingane. Regjeringa har òg mål om å auke CO2-opptaket i norsk skog. Dette skal mellom anna skje gjennom ein aktiv skogskjøtsel som inkluderer hogst, planting, gjødsling, ungskogpleie og skogplanteforedling.

Styrking av fjelloppsynet

Regjeringa vil styrkje tilskottet til oppsynet fjellstyra fører i statsallmenningane. Statsallmenningane i Sør- og Midt-Noreg utgjer over 26 mill. dekar, tilsvarande 11 pst. av alt utmarksareal i Noreg. Dette er viktige område for friluftsliv og rekreasjon. Fjelloppsynet skal bidra til berekraftig bruk av statsallmenningane. Styrking av tilskottet skal leggje til rette for eit profesjonelt oppsyn, meir brukarkontakt og aktivitet i statsallmenningane.

Nasjonalt senter for fjellandbruket

Regjeringa vil styrkje fjellandbruket gjennom å bidra til etablering av eit nasjonalt senter for fjellandbruket på Løken gard i Øystre Slidre kommune. Målet med eit nasjonalt senter for fjellandbruket er å fremje eit lønsamt og berekraftig landbruk i fjellområda, med utgangspunkt i særtrekka og fortrinna som fjellbygdene har.

Jordvern

Regjeringa vil følgje opp den nye jordvernstrategien og oppmodingsvedtak frå Stortinget om å leggje fram ein ny jordvernstrategi, med eit nytt og skjerpa mål for omdisponering av matjord og nye konkrete tiltak for å nå målet. Målet i dag er at den årlege omdisponeringa av dyrka mark skal vere under 3 000 dekar i 2025. Regjeringa vil sjå nærare på korleis ein kan registrere all nedbygging som ikkje blir registrert i KOSTRA i dag, og vurdere eit måltal for samla nedbygging.

Dyrehelse og dyrevelferd

God dyrehelse og god dyrevelferd er viktig for produksjon av trygg mat og for omdømet til norsk matproduksjon. Regjeringa har starta arbeidet med ei ny dyrevelferdsmelding. Meldinga skal omhandle alle dyr som er omfatta av dyrevelferdslova, inkludert fisk. Arbeidet vil ha merksemd på både dyrevelferd og føresetnadar for dyrehald i primærnæringane våre, noko denne regjeringa prioriterer høgt. Meldinga vil ta for seg utviklinga i norsk dyrehald, husdyrproduksjon og havbruk, og også omtale ny kunnskap om dyrevelferd.

For å halde den gode dyrehelsestatusen ved lag blir det lagt vekt på kontinuerleg overvaking, slik at tiltak kan setjast inn i tide. Helsesituasjonen i norsk husdyrhald er god. Det er svært få tilfelle av salmonellainfeksjon hos norske husdyr samanlikna med mange andre land. Smitte til menneske frå norskprodusert kjøtt, kjøttprodukt og egg skjer difor svært sjeldan.

Tilstrekkeleg tilgang på veterinærtenester er viktig av omsyn til dyrehelse, dyrevelferd og mattryggleik, og for å kunne ha eit aktivt landbruk i heile landet. Departementet har sett ned ei arbeidsgruppe som skal gå gjennom tilgangen på veterinærtenester.

For å ta vare på den gode dyrehelsa og folkehelsa i Noreg, vil regjeringa vidareføre ordninga med at staten dekkjer utgifter ved naudsynte tiltak ved innførsel av kjæledyr som kjem i følgje med fordrivne frå Ukraina til Noreg. Desse dyra vil sjeldan oppfylle vilkåra for innførsel. Ukraina har ein dårlegare dyrehelsestatus enn Noreg, særleg når det gjeld rabies.

Pelsdyr

Regjeringa har lagt til rette for sluttføring av erstatningane til pelsdyroppdrettarar i tråd med Stortinget sitt lovvedtak i juni 2021.

Genetiske ressursar

Klimaendringar og press på ressursgrunnlaget utgjer eit trugsmål mot målet om auka matproduksjon. Desse utfordringane krev gode tilpassingar i landbruket. Dei genetiske ressursane hos husdyr og matvekstar er ein vesentleg del av det biologiske grunnlaget for auka matproduksjon. God forvaltning av dei genetiske ressursane gjennom bruk og vern er viktig for å sikre det genetiske forrådet for mat- og landbruksproduksjon i framtida. Departementet vil leggje fram ein nasjonal tiltaksplan for bevaring og berekraftig bruk av genetiske ressursar for mat og landbruk. Tiltaksplanen vil angi prioriteringar for det vidare arbeidet og synleggjere kva for rolle og oppgåver dei ulike aktørane har.

Eigedomslovgivinga

Regjeringa vil sikre at matjorda blir brukt til matproduksjon og handheve eigedomslovgivinga med sikte på å sikre eit levande landbruk i heile landet.

Landbruk i nordområda

Regjeringa vil leggje til rette for landbruk over heile landet. Matproduksjon, eit levedyktig landbruk og rikhaldige areal- og naturressursar er eit grunnlag for busetnadsstrukturen i nord. Eit aktivt og mangfaldig næringsliv er eit viktig fundament i den geopolitiske situasjonen og i eit langsiktig nasjonalt tryggleiksperspektiv. Klimaendringane sine alvorlege konsekvensar for matproduksjon og vatn- og arealressursar i meir befolkningstette område på kloden, understrekar verdien av ei berekraftig ressursutnytting av areala i nord. Landbruksnæringa nyttar viktige utmarksressursar, tek vare på kulturlandskapet og sørgjer for verdiskaping og busetnad. I jordbruksavtalen inngått i 2022, er det sett av 17 mill. kroner til ei omfattande satsing på berekraftig matproduksjon og verdiskaping i Nord-Noreg. Målet for satsinga er å styrkje sårbare produsentmiljø i Finnmark, Troms og Nordland, motverke bruksnedgang, auke arealbruken og heve kompetansen til landbruksnæringa og verdikjeda for mat, og utnytte regionale fortrinn og moglegheiter innan arktisk landbruk. Troms og Finnmark fylkeskommune vil få ansvaret for å følgje opp satsinga i samarbeid med dei regionale partnarskapa. Minimum 5 mill. kroner av midlane skal setjast av til forsking og anna kunnskapsutvikling i regi av Norsk institutt for bioøkonomi.

Forsking, utdanning og kompetanse

Regjeringa vil leggje til rette for eit kunnskapsbasert og berekraftig landbruk. Forsking, innovasjon og ny teknologi skal bidra til nok, sunn og trygg mat basert på norske ressursar og auka sjølvforsyningsgrad av norske jordbruksvarer. Samstundes skal klimagassutsleppa frå jordbruket bli redusert, opptaket av karbon auke og miljøet bli tatt omsyn til. For å lukkast med dette er det naudsynt å tilpasse produksjonen til eit endra klima, sørgje for effektiv og berekraftig utnytting av tilgjengelege ressursar, og ta ut potensialet for produksjon over heile landet. Ny kunnskap er òg berebjelken i bioøkonomien og avgjerande for auka verdiskaping i dei landbaserte bionæringane.

Instituttsektoren skal utvikle kunnskapsgrunnlaget for politikkutforming og bidra til berekraftig utvikling og omstilling gjennom forsking av høg kvalitet og relevans. Veterinærinstituttet er viktig for matsikkerheit, god dyrehelse og beredskap. Lokaliseringa på Ås er eit godt utgangspunkt for å vidareutvikle samarbeidet med andre kunnskapsmiljø. Norsk institutt for bioøkonomi har òg ei viktig rolle i å utvikle kunnskapsgrunnlaget for klimatilpassing av norsk jordbruk og skogbruk. I tillegg er instituttet si plassering på 15 ulike stadar i landet viktig for å tilpasse forsking og utvikling til varierande produksjonsforhold.

Rekruttering til landbruksutdanning på alle nivå, frå vidaregåande skule til fagskule, universitet og høgskule og doktorgradsstudium, er avgjerande for å sikre naudsynt kompetanse i næringa og for forsking og innovasjon på høgt nivå.

Effektiv forvaltning

Pandemien har ført til nye digitale arbeidsformer, og til at statlege verksemder har redusert reiseaktiviteten. Regjeringa gjer framlegg om eit gevinstuttak på til saman 11 mill. kroner for departementet og underliggjande verksemder. Dette gjeld Landbruksdirektoratet, Mattilsynet, Norsk institutt for bioøkonomi, Veterinærinstituttet og grunnløyving under Norges forskingsråd. Sjå del II for ein nærare omtale av gevinstuttaket på verksemdene.

Gjennom digitalisering, innovasjon og ei tillitsreform skal regjeringa fornye og utvikle offentleg sektor. Landbruks- og matdepartementet vil følgje opp tillitsreforma i dialog med dei underliggjande verksemdene.

Internasjonalt arbeid

Noreg har slutta seg til ei rekkje internasjonale avtalar som dekkjer mellom anna handel, mattryggleik, plante- og dyrehelse og skog og klima.

Regelverket til Verdas handelsorganisasjon (WTO), inkludert landbruksavtalen, legg viktige rammer for utforminga av verkemidla i landbrukspolitikken. Arbeidet med bilaterale frihandelsavtalar for EFTA-landa vil framleis ha høg prioritet for å sørgje for at avtalane ikkje trugar viktige norske landbruksinteresser. Det same gjeld ved forhandlingar med EU om auka marknadstilgang etter artikkel 19 i EØS-avtalen. EØS-avtalen legg klare føringar for regelverket for mat og innsatsfaktorar i Noreg. Regjeringa legg vekt på å vareta norske interesser ved å medverke tidleg i prosessar og politikkutforming i EU.

Avtalen om veterinære og plantesanitære forhold (SPS-avtalen) under WTO-avtalen, er viktig på matområdet, i tillegg til Avtalen om tekniske handelshindre (TBT-avtalen), som regulerer tekniske handelshinder som ikkje allereie er dekte av SPS-avtalen.

FN sine berekraftsmål er ambisiøse mål for arbeidet med økonomisk, sosial og miljømessig utvikling fram mot år 2030. Noreg deltek aktivt i ei rekkje internasjonale forum på landbruks- og matområdet, både innanfor og utanfor FN-systemet. Mandatet for FNs organisasjon for mat og landbruk (FAO) omfattar global matsikkerheit, reduksjon av fattigdom og berekraftig bruk og forvaltning av naturressursar.

Innanfor skogområdet deltek Noreg arbeidet i FNs skogforum (UNFF), som legg overordna premissar for berekraftig skogforvaltning globalt. I Europa samarbeider landa om berekraftig skogforvaltning og utvikling av skog- og trenæringa gjennom FOREST EUROPE, FNs økonomiske kommisjon for Europa (UNECE) og FAOs regionale skogkommisjon for Europa (EFC). Noreg er medlem av European Forest Institute (EFI), eit forskingsnettverk etablert av europeiske statar.

Nordisk ministerråd for fiskeri, jordbruk, næringsmiddel og skogbruk (MR-FJLS) arbeider for berekraftig og konkurransedyktig bruk av naturressursar. Det fireårige samarbeidsprogrammet utgjer, saman med dei overordna initiativa, handlingsrommet for samarbeidet.

2 Mål for landbruks- og matsektoren

Figur 2.1 Målstrukturen for Landbruks- og matdepartementet

Figur 2.1 Målstrukturen for Landbruks- og matdepartementet

I del III er det gjort nærare greie for resultata knytte til dei landbruks- og matpolitiske måla.

3 Oversiktstabellar

Utgifter fordelte på programkategoriar

(i 1 000 kr)

Kat.

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Budsjettets stilling pr 1. halvår

Forslag 2023

15.00

Administrasjon m.m.

204 462

216 783

186 170

188 903

15.10

Matpolitikk

1 544 040

1 555 328

1 583 726

1 591 841

15.20

Forsking, innovasjon og kunnskapsutvikling

866 457

838 663

827 328

841 248

15.30

Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak

18 304 926

21 054 235

23 546 123

26 881 201

Sum programområde 15

20 919 884

23 665 009

26 143 347

29 503 193

Inntekter fordelte på programkategoriar

(i 1 000 kr)

Kat.

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Budsjettets stilling pr 1. halvår

Forslag 2023

15.00

Administrasjon m.m.

76 403

1 154

131

135

15.10

Matpolitikk

203 885

208 642

208 642

212 397

15.20

Forsking, innovasjon og kunnskapsutvikling

19 052

19 446

19 446

19 915

15.30

Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak

331 947

310 210

317 210

334 974

15.40

Forretningsdrift

70 700

16 750

25 100

20 000

Sum programområde 15

701 987

556 202

570 529

587 421

Utgifter fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

Endring i pst.

01–29

Statens eigne driftsutgifter

1 917 733

1 966 124

1 998 716

1,7

30–49

Nybygg, anlegg o.a.

32 764

14 771

14 771

0,0

50–89

Overføringar til andre

18 972 387

21 684 114

27 489 706

26,8

Sum under departementet

20 919 884

23 665 009

29 503 193

24,7

Inntekter fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

Endring i pst.

01–29

Sal av varer og tenester

253 643

258 933

264 456

2,1

30–49

Inntekter i samband med nybygg, anlegg o.a.

95 183

20 469

19 915

-2,7

50–89

Overføringar frå andre

353 163

276 800

303 050

9,5

Sum under departementet

701 987

556 202

587 421

5,6

Utgifter fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

Endring i pst.

Administrasjon m.m.

1100

Landbruks- og matdepartementet

204 462

216 783

188 903

-12,9

Sum kategori 15.00204 462216 783188 903-12,9

Matpolitikk

1112

Veterinærinstituttet

103 049

104 638

106 696

2,0

1115

Mattilsynet

1 440 991

1 450 690

1 485 145

2,4

Sum kategori 15.101 544 0401 555 3281 591 8412,3

Forsking, innovasjon og kunnskapsutvikling

1136

Norsk institutt for bioøkonomi

239 472

249 327

253 743

1,8

1137

Forsking og innovasjon

626 985

589 336

587 505

-0,3

Sum kategori 15.20866 457838 663841 2480,3

Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak

1138

Støtte til organisasjonar m.m.

48 491

50 527

45 286

-10,4

1139

Genressursar, miljø- og ressursregistreringar

39 273

30 081

31 366

4,3

1140

Haustbare viltressursar – forvaltning og tilskott til viltformål (Viltfondet) m.m.

75 646

77 290

82 590

6,9

1141

Haustbare viltressursar – jegerprøve, tilskott til organisasjonar m.m.

10 675

11 714

12 947

10,5

1142

Landbruksdirektoratet

814 425

1 988 747

2 125 834

6,9

1148

Naturskade – erstatningar

33 382

133 400

89 400

-33,0

1149

Verdiskapings- og utviklingstiltak i landbruket

159 323

121 969

111 969

-8,2

1150

Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.

16 946 306

18 452 059

24 082 359

30,5

1151

Til gjennomføring av reindriftsavtalen

148 338

164 500

180 000

9,4

1152

Bionova

87 540

100,0

1161

Myndigheitsoppgåver og sektorpolitiske oppgåver på statsgrunn

29 068

23 948

31 910

33,2

Sum kategori 15.3018 304 92621 054 23526 881 20127,7

Sum programområde 1520 919 88423 665 00929 503 19324,7

Sum utgifter

20 919 884

23 665 009

29 503 193

24,7

Inntekter fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

Endring i pst.

Administrasjon m.m.

4100

Landbruks- og matdepartementet

76 403

1 154

135

-88,3

Sum kategori 15.0076 4031 154135-88,3

Matpolitikk

4115

Mattilsynet

203 885

208 642

212 397

1,8

Sum kategori 15.10203 885208 642212 3971,8

Forsking, innovasjon og kunnskapsutvikling

4136

Norsk institutt for bioøkonomi

19 052

19 446

19 915

2,4

Sum kategori 15.2019 05219 44619 9152,4

Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak

4141

Haustbare viltressursar – jegerprøve, tilskott til organisasjonar m.m.

3 753

3 701

4 071

10,0

4142

Landbruksdirektoratet

45 731

46 459

47 853

3,0

4150

Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.

306

50

50

0,0

5576

Sektoravgifter under Landbruks- og matdepartementet

282 157

260 000

283 000

8,8

Sum kategori 15.30331 947310 210334 9748,0

Forretningsdrift

5652

Statskog SF – utbytte

70 700

16 750

20 000

19,4

Sum kategori 15.4070 70016 75020 00019,4

Sum programområde 15701 987556 202587 4215,6

Sum inntekter

701 987

556 202

587 421

5,6

Bruk av stikkordet «kan overførast»

Under Landbruks- og matdepartementet blir stikkordet «kan overførast» foreslått knytt til desse postane utanom postgruppe 30–49.

(i 1 000 kr)

Kap.

Post

Nemning

Overført til 2022

Forslag 2023

1100

21

Spesielle driftsutgifter

7 114

15 280

1137

70

Innovasjonsaktivitet m.m.

2 759

1137

71

Bioøkonomiordninga

572

1138

71

Internasjonalt skogpolitisk samarbeid – organisasjonar og prosessar

300

1 335

1139

70

Tilskott til bevaring og berekraftig bruk av husdyr-, plante og skogtregenetiske ressursar

7 040

1139

71

Tilskott til genressursforvaltning og miljøtiltak

10 324

8 626

1140

71

Tilskott til viltformål

3 176

36 778

1141

23

Jegerprøve m.m.

4 071

1142

71

Tiltak for berekraftig reindrift

646

4 992

1142

77

Tilskott til kompensasjon ved avvikling av pelsdyrhald

369 727

470 000

1142

78

Tilskott til omstilling ved avvikling av pelsdyrhald

85 595

1149

71

Tilskott til verdiskapingstiltak i skogbruket

19 155

51 174

1149

73

Tilskott til skog-, klima- og energitiltak

8 127

55 852

1150

21

Spesielle driftsutgifter

6 188

15 800

1150

70

Marknadstiltak

335 100

1150

74

Direkte tilskott

14 195 545

1150

77

Utviklingstiltak

319 861

1150

78

Velferdsordningar

1 679 065

1151

75

Kostnadssenkande og direkte tilskott

7 107

108 700

1151

79

Velferdsordningar

399

4 300

4 Oppfølging av oppmodings- og utgreiingsvedtak

Tabell 4.1 viser ei oversikt over oppfølginga av oppmodings- og utgreiingsvedtak under Landbruks- og matdepartementet.

I kolonne 4 i tabellen nedanfor går det fram om departementet legg opp til at rapporteringa på oppmodingsvedtaket no blir avslutta, eller om departementet òg vil rapportere på vedtaket i budsjettproposisjonen for neste år.

Tabell 4.1 Oversikt over oppmodings- og utgreiingsvedtak, ordna etter sesjon og nummer

Sesjon

Vedtak nr.

Stikkord

Rapportering blir avslutta (Ja/Nei)

2021–2022

836

Overgang frå kronetoll til prosenttoll

Nei

2021–2022

799

Oppdatering av jordvernstrategien

Nei

2021–2022

754

Bransjeavtaler for biogassproduksjon

Nei

2021–2022

381

Melding til Stortinget om dyrevelferd som bygger på oppdatert kunnskap

Nei

2021–2022

382

Dyrevelferda i svinenæringen

Nei

2021–2022

383

Konkrete tiltak i melding til Stortinget om dyrevelferd

Nei

2021–2022

384

Alternativ til CO2-bedøving av dyr

Nei

2021–2022

35 – nr. 29

Inntektsgap

Nei

2021–2022

35 – nr. 59

Investeringsmidlar

Ja

2020–2021

232

Tapsgrenser hos Norsk Rikstoto

Nei

2020–2021

1127

Pelsdyrkompensasjonsordning – berekna bruksverdi

Ja

2020–2021

1128

Pelsdyrkompensasjonsordning – kapasiteten i pelsdyrverksemda

Ja

2020–2021

1129

Pelsdyrkompensasjonsordning – opprydding og sanering

Ja

2020–2021

1130

Pelsdyrkompensasjonsordning – spesialiserte maskiner og utstyr

Ja

2020–2021

1131

Pelsdyrkompensasjonsordning – faktiske kostnader

Ja

2020–2021

1134

Viltlova – utgreiing av omgrepet «kunstig lys»

Nei

2016–2017

878

Konsekvensar av liberalisering av konsesjonsplikta

Nei

2016–2017

885

Hundelova

Ja

Oppmodings- og utgreiingsvedtak i stortingssesjonen 2021–2022

Overgang frå kronetoll til prosenttoll

Vedtak nr. 836, 17. juni 2022:

«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med statsbudsjettet for 2023 vurdere overgang fra kronetoll til prosenttoll, blant annet for tollinjene storfe, svin, sau, lam og potet.»

Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Prop. 115 S (2021–2022) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2022, jf. Innst. 450 S (2021–2022).

Regjeringa gjer ikkje framlegg om omlegging frå kronetoll til prosenttoll for landbruksvarer i samband med framlegging av statsbudsjettet for 2023. Regjeringa kjem tilbake til saka på eit seinare tidspunkt.

Oppdatering av jordvernstrategien

Vedtak nr. 799, 14. juni 2022:

«Stortinget ber regjeringen legge frem en ny jordvernstrategi våren 2023. Strategien skal inneholde et nytt og skjerpet mål for omdisponering av matjord og nye, konkrete tiltak for å nå målet

Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Dokument 8:234 S (2021–2022), jf. Innst. 358 S (2021–2022).

Arbeidet med å oppdatere jordvernstrategien med nye konkrete tiltak er i gang, og ein vil vurdere eit nytt og skjerpa mål for omdisponering av dyrka mark. Departementet vil komme tilbake til Stortinget med ein oppdatert jordvernstrategi.

Bransjeavtaler for biogassproduksjon

Vedtak nr. 754, 10. juni 2022:

«Stortinget ber regjeringen ta initiativ til å opprette bransjeavtaler med landbruket og fiskeri- og havbruksnæringen med mål og tiltak for å øke leveransen av råstoff til biogassproduksjon. Klyngesamarbeid på tvers av bionæringene vil spille en viktig rolle i dette arbeidet

Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Meld. St. 36 (2020–2021) og Meld. St. 11 (2021–2022), jf. Innst. 446 S 2021–2022.

Landbruks- og matdepartementet vil følgje opp saka i samråd med Nærings- og fiskeridepartementet og Klima- og miljødepartementet.

Melding til Stortinget om dyrevelferd som byggjer på oppdatert kunnskap

Vedtak nr. 381, 15. februar 2022

«Stortinget ber regjeringen legge fram en dyrevelferdsmelding som bygger på oppdatert kunnskap om dyrevelferd med utgangspunkt i faglige og faktiske forhold. Meldingen bør se faglig og politisk på problemstillinger knyttet til dyrehold, og gi oversikt over det vi gjør bra i dag, og om det er noe som kan gjøre annerledes og bedre i framtida. Det er sammenheng mellom menneskevelferd og dyrevelferd. Meldingen bør omtale dette

Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Dokument 8:25 S (2021–2022), jf. Innst. 130 S (2021–2022).

Landbruks- og matdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet vil i fellesskap utarbeide ei stortingsmelding om dyrevelferd, og det er halde eit innleiande møte med innspel for landdyrsektoren.

Dyrevelferda i svinenæringa

Vedtak nr. 382, 15. februar 2022

«Stortinget ber regjeringen se på insentiver som vil øke dyrevelferden i svinenæringen, særlig med hensyn til areal, underlag og miljøberikelse, og stille strengere krav til dyrevelferd ved oppgraderinger av driftsbygninger eller nybygg

Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Dokument 8:25 S (2021–2022), jf. Innst. 130 S (2021–2022).

Landbruks- og matdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet vil i fellesskap utarbeide ei stortingsmelding om dyrevelferd. Det er halde eit innleiande møte med innspel for landdyrsektoren. Mattilsynet fullfører i 2022 ein landsdekkjande tilsynskampanje i svineproduksjonen. Kunnskapen frå denne kampanjen skal brukast til å vurdere behovet for ytterlegare oppfølging av næringa og eventuelt justering av regelverket.

Landbruks- og matdepartementet arbeider også med ei ny forskrift om hald av dei ulike produksjonsdyra.

Konkrete tiltak i melding til Stortinget om dyrevelferd

Vedtak nr. 383, 15. februar 2022

«Stortinget ber regjeringa legge fram ei heilskapleg stortingsmelding om dyrevelferd som omfattar både produksjonsdyr i landbruket, kjæledyr og fiskeoppdrett, seinast i vårsesjonen 2023. Regjeringa vert beden om å greie ut og foreslå konkrete tiltak i meldinga både for betra dyrevelferd generelt og for spesifikke artar/grupper av dyr, herunder følgjande tema:
  • å greie ut korleis økonomiske verkemiddel i landbrukspolitikken kan innrettast på ein måte som løner god dyrevelferd.

  • å greie ut korleis norsk regelverk vil måtte endrast ved implementering av EU sitt varsla forbod mot hald av dyr i bur og trange bingar.

  • å greie ut Mattilsynet sin kontroll- og rettleiingsfunksjon og trong for ressursar for å sikre tilstrekkeleg oppfølging av dyrevelferden i landbruket.

  • å greie ut merkeordningar som gjer det lettare for forbrukaren å velje dyrevenlege produkt. Ei slik merkeordning kan vere statleg eller privat.

  • å greie ut korleis grisar kan sikrast betre tilgang til uteareal, til dømes gjennom tilskots- eller merkeordningar, eventuelt gjennom endringar i lovverket

Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Dokument 8:25 S (2021–2022), jf. Innst. 130 S (2021–2022).

Regjeringa har starta arbeidet med ei stortingsmelding om dyrevelferd. Det er naudsynt å setje av tilstrekkeleg tid til å implementere oppdatert kunnskapsgrunnlag og grundig greie ut konsekvensar innanfor eit stort og omfattande fagområde. Det er vesentleg at regjeringa sitt arbeid med ei dyrevelferdsmelding tek opp i seg utviklinga i EU. EU har varsla ein heilskapleg gjennomgang av regelverket for dyrevelferd, men utkast til dette forventast ikkje å vere klart før i slutten av 2023, ein stor del av dette i form av forordningar. Gjennom EØS-avtalen kan regelverk på dette området også bli gjeldande for Noreg. Departementet legg difor til grunn at meldinga ikkje kan bli lagt fram i 2023. Departementet vil på eigna måte komme tilbake til Stortinget om korleis oppmodingsvedtaket vil bli følgt opp.

Alternativ til CO2-bedøving av dyr

Vedtak nr. 384, 15. februar 2022

«Stortinget ber regjeringa sørge for at det vert forska på alternativ til CO2-bedøving av dyr i slakteri og kverning av hanekyllingar (maserasjon), med mål om at det vert innført betre metodar for avliving, og at det på sikt kan innførast eit forbod mot dagens praksis.»

Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Dokument 8:25 S (2021–2022), jf. Innst. 130 S (2021–2022).

Landbruks- og matdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet vil i fellesskap utarbeide ei stortingsmelding om dyrevelferd. Desse temaa kjem også innanfor ramma av ei slik stortingsmelding. Det er halde eit innleiande møte med innspel for landdyrsektoren. Når det gjeld metodar for avliving av dyr, er desse regulert i eit EØS-harmonisert regelverk. Regelverket blir basert på den til eikvar tid tilgjengelege kunnskapen i EØS-området.

Inntektsgap

Vedtak nr. 35, vedtakspunkt 29, 2. desember 2021:

«Stortinget ber regjeringen legge frem en forpliktende og tidfestet plan i løpet av 2022 for å tette inntektsgapet mellom bønder og andre grupper i samfunnet. Inntektsgapet skal tettes uavhengig av bruksstørrelse, produksjon og landsdel.»

Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Prop. 1 S (2021–2022), jf. Innst. 2 S (2021–2022). Grytten-utvalet har fått utsett frist for å leggje fram sitt arbeid til 1. oktober 2022 og rapporten skal deretter på høyring. Arbeidet med regjeringa sin plan må tilpassast prosessen etter utvalet si innstilling.

Investeringsmidlar

Vedtak nr. 35, vedtakspunkt 59, 2. desember 2021:

«Stortinget ber regjeringen sikre at investeringsmidler bidrar til å realisere løsdriftskravet for små og mellomstore bruk.»

Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Prop. 1 S (2021–2022), jf. Innst. 2 S (2021–2022). Investerings- og bedriftsutviklingsordninga i landbruket blei gjennom Stortinget si handsaming av statsbudsjettet for 2022 auka med 200 mill. kroner. I årets jordbruksoppgjer blei ramma for 2023 auka med 271 mill. kroner til 1 150,5 mill. kroner. Innanfor ordninga skal små- og mellomstore bruk prioriterast ved tildeling av støtte, og innan mjølkeproduksjon skal særleg fjøs med inntil 30 kyr prioriterast. Samla sett er dette viktige grep som er gjort for å bidra til å realisere ei berekraftig omstilling innanfor små- og mellomstore bruk fram mot 2034 når lausdriftskravet trer i kraft. Departementet legg til grunn at vedtak nr. 35, vedtakspunkt 59, 2. desember 2021 med dette er følgt opp.

Oppmodings- og utgreiingsvedtak i stortingssesjonen 2020–2021

Tapsgrenser hos Norsk Rikstoto

Vedtak nr. 232, 11. desember 2020:

«Stortinget ber regjeringen foreta en gjennomgang av om det innenfor rammene av sosialt ansvarlige spill er mulig å innføre en ytterligere individuell tilpasning av tapsgrensene etter en vurdering av den enkelte spiller etter nærmere kriterier, og på egnet måte orientere Stortinget om resultatene av gjennomgangen.»

Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Dokument 8:126 S (2019–2020), jf. Innst. 86 S (2020–2021). Etter ønskje frå Norsk Rikstoto, har departementet gitt Norsk Rikstoto utsett frist til 31. januar 2023 for å føreslå individuelt tilpassa tapsgrenser innanfor sosialt ansvarlege rammer. Norsk Rikstoto har formidla at dei arbeider for ein god og robust modell som primært tek omsyn til ansvarleg spel, men som òg tek omsyn til kanalisering og ønskje frå dei aktuelle spelarane om ei individuelt tilpassa grense. Norsk Rikstoto grunngav sitt ønskje om utsett frist med at dei har behov for omfattande kunnskap om spelemønsteret og meir erfaring med ansvarlegheitsrammeverket og dei tapsgrensene som er innførte, for å forstå kva tiltak som vil fungere best for å avgrense speleproblem.

Pelsdyrkompensasjonsordning – berekna bruksverdi

Vedtak nr. 1127, 4. juni 2021:

«Stortinget ber regjeringen gå i dialog med pelsdyrnæringen for å sikre en omforent forståelse av det videre grunnlaget som er presentert gjennom NIBIOs forslag til beregning av kompensasjon basert på bruksverdi. Anleggenes levetid, beregning av arbeidstid for de ulike skinnproduksjonene, priser på skinn og fôr og størrelse på kapitaliseringsrente er blant de elementene som er særlig viktige å få en omforent forståelse av.»

Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Prop. 122 L (2020–2021), jf. Innst. 613 L (2020–2021). Landbruks- og matdepartementet har hatt dialog med Pelsdyralslaget og departementet oppfattar at det er sams forståing når det gjeld innhaldet i rapporten frå Norsk institutt for bioøkonomi. På bakgrunn av dialogen med Pelsdyralslaget, vil det ved utforming av staten sitt tilbod om erstatning etter bruksverdi, bli nytta ei kapitaliseringsrente på 4 pst. og ikkje 4,71 pst. slik instituttet føreslo i sin fagøkonomiske rapport. Etter innspel frå Pelsdyralslaget vil òg dei berekna kostnadene i reveoppdrett bli reduserte samanlikna med Norsk institutt for bioøkonomi sin rapport. Dette vil ytterlegare medverke til høgare tilbod om erstatning etter bruksverdi enn det som var føreslått i instituttet sin rapport. Departementet legg til grunn at vedtak nr. 1127, 4. juni 2021 med dette er følgt opp.

Pelsdyrkompensasjonsordning – kapasiteten i pelsdyrverksemda

Vedtak nr. 1128, 4. juni 2021:

«Stortinget ber regjeringen legge til grunn kapasiteten i pelsdyrvirksomheten, etter forskrift om hold av pelsdyrs krav gjeldende fra 1. januar 2015 (FOR-2011-03-17-296), ved beregning av bruksverdi og økonomisk tap.»

Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Prop. 122 L (2020–2021), jf. Innst. 613 L (2020–2021). Landbruksdirektoratet vil leggje lovleg utnytting av kapasiteten i pelsdyranlegga til grunn når dei utarbeider staten sitt tilbod om erstatning etter bruksverdi til pelsdyroppdrettarane. Departementet legg til grunn at vedtak nr. 1128, 4. juni 2021 med dette er følgt opp.

Pelsdyrkompensasjonsordning – opprydding og sanering

Vedtak nr. 1129, 4. juni 2021:

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om å etablere en ordning der det gis tilskudd til opprydding og sanering av pelserier og fôrkjøkken, slik at restverdien av disse anleggene kan økes og anleggene gjenbrukes

Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Prop. 122 L (2020–2021), jf. Innst. 613 L (2020–2021). Der pelsingsverksemd eller fôrkjøkken er ein del av ei verksemd som har drive med pelsdyrhald, vil verdien av pelsingsverksemda eller fôrkjøkkenet kunne bli kompensert etter den lovfesta erstatningsordninga for pelsdyroppdrettarar. Ei eiga ordning er difor berre aktuell for pelsingsverksemder eller fôrkjøkken som har vore drivne med eige organisasjonsnummer. Etter det departementet er kjend med, er det i alt sju slike verksemder. Regjeringa vil gi kompensasjon for kostnader til opprydding og sanering av desse dersom det blir lagt opp til at anlegget skal nyttast til anna formål. Kompensasjon vil bli gitt ut frå dokumenterte kostnader og innanfor rammene av statsstøtteregelverket, med opp til 500.000 kroner til kvart pelseri og opp til 2 mill. kroner til kvart fôrkjøkken. Kompensasjonen blir utgiftsført på kap. 1142, post 77. Departementet legg til grunn at vedtak nr. 1129, 4. juni 2021 med dette er følgt opp.

Pelsdyrkompensasjonsordning – spesialiserte maskiner og utstyr

Vedtak nr. 1130, 4. juni 2021:

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om å etablere en erstatningsordning for maskiner og utstyr som er spesialisert knyttet til driften av fôrkjøkken og pelserier, og som er uten restverdi som følge av forbudet mot pelsdyrhold

Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Prop. 122 L (2020–2021), jf. Innst. 613 L (2020–2021). Der pelsingsverksemd eller fôrkjøkken er del av ei verksemd som har drive med pelsdyrhald, vil verdien av pelsingsverksemda eller fôrkjøkkenet kunne bli kompensert etter den lovfesta erstatningsordninga for pelsdyroppdrettarer. Ei eiga ordning er difor berre aktuell for pelsingsverksemder eller fôrkjøkken som har vore drive med eige organisasjonsnummer. Etter det departementet er kjend med, er det i alt sju slike verksemder. Regjeringa vil gi kompensasjon for maskiner og utstyr som er spesialisert til drifta av fôrkjøkken og pelseri, og som er utan restverdi som følgje av forbodet mot hald av pelsdyr. Kompensasjonen vil bli gitt i tråd med statsstøtteregelverket og innanfor ei samla ramme på 30 mill. kroner. Kompensasjonen vil bli utgiftsført på kap. 1142, post 77. Departementet legg til grunn at vedtak nr. 1130, 4. juni 2021 med dette er følgt opp.

Pelsdyrkompensasjonsordning – faktiske kostnader

Vedtak nr. 1131, 4. juni 2021:

«Stortinget ber regjeringen endre forskrift om kompensasjon etter avvikling av hold av pelsdyr mv., slik at det i § 7 første punktum bestemmes at for riving og opprydding av pelsdyrvirksomhet som var i drift i godkjent anlegg etter forskrift om hold av pelsdyr per 1. januar 2015, gis kompensasjon som dekker de faktiske kostnadene, og uten gjeldende krav om at videresalg og gjenvinning skal hensyntas.»

Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Prop. 122 L (2020–2021), jf. Innst. 613 L (2020–2021). Landbruks- og matdepartementet fastsatte 8. juli 2022 ei ny forskrift om særskilte kompensasjonsordninger mv. etter avvikling av hald av pelsdyr. Det er her lagt opp til å dekkje dei faktiske kostnadene ved riving og opprydding av pelsdyranlegg med tilhøyrande infrastruktur. Dette gjeld dersom anlegget tilfredsstilte gjeldande forskriftskrav pr. 15. januar 2018 og det blei halde pelsdyr i anlegget etter 1. januar 2015. Det tidlegare kravet om at det ved utrekning av kompensasjon skal takast omsyn til vidaresal og gjenvinning, er ikkje vidareført i forskrifta. Departementet legg til grunn at vedtak nr. 1131, 4. juni 2021 med dette er følgt opp.

Viltlova – utgreiing av omgrepet «kunstig lys»

Vedtak nr. 1134, 4. juni 2021:

«Stortinget ber regjeringen gjøre en utredning med sikte på å avklare definisjonen av begrepet «kunstig lys» i viltloven, og hvilke prinsipper som bør legges til grunn for en ny bestemmelse om dette i viltloven, i forbindelse med det pågående arbeidet med modernisering av viltloven.»

Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Prop. 149 L (2020–2021), jf. Innst. 604 L. Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet arbeider med å gå gjennom og modernisere viltlova. Arbeidet inneber ein revisjon av heile lova, noko som òg gjeld reglane om bruk av kunstig lys i samband jakt og fangst. Miljødirektoratet har i supplerande tildelingsbrev av 18. mars 2022 fått i oppdrag å sjå nærare på teknologiutviklinga ved utøving av jakt, fangst og felling. Reglane om bruk av kunstig lys er blant dei temaa som direktoratet skal vurdere. Departementet vil komme tilbake til Stortinget med eit lovforslag.

Oppmodings- og utgreiingsvedtak i stortingssesjonen 2016–2017

Konsekvensar av liberalisering av konsesjonsplikta

Vedtak nr. 878, 13. juni 2017:

«Stortinget ber regjeringen utrede konsekvensen av en videre liberalisering av konsesjons- plikten utover de lovmessige endringer som nå vedtas for rene skogeiendommer.»

Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Prop. 92 L (2016–2017), jf. Innst. 427 L (2016–2017). I Meld. St. 15 (2020–2021) la departementet til grunn at det var for tidleg å fastslå kva for følgjer endringane frå 2017 hadde på eigedoms- og bruksstrukturen, og at det difor heller ikkje var grunnlag for å føreslå ytterlegare liberalisering av regelverket. I Prop. 1 S (2021–2022) viste departementet til at det har gått ei tid, og at det no er grunnlag for å sjå kva for følgjer endringane har ført til. Departementet har på grunnlag av dette bedt Landbruksdirektoratet om å gjere ei evaluering av endringane som blei vedtekne i 2017. Evalueringa gjeld både endringane i arealgrensa ved overtaking av eigedom med bygning, og endringa av reglane om priskontroll ved overtaking av reine skogeigedommar. Departementet vil komme tilbake til Stortinget med orientering om evalueringa på ein eigna måte.

Departementet har bedt Landbruksdirektoratet om å undersøkje og utarbeide ei oversikt som syner utviklinga av saker dei siste fem åra der landbruksstyresmaktene har handsama søknader frå eit aksjeselskap om å få konsesjon. Departementet har bedt om at oversikta skal vise eigedommar med ulikt arealgrunnlag, både eigedommar med eit ressursgrunnlag som ville krevje buplikt dersom eigedomen hadde blitt omsett innan familien, og eigedommar med eit svakare ressursgrunnlag.

Hundelova

Vedtak nr. 885, 13. juni 2017:

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget på egnet måte med en helhetlig gjennomgang av hundeloven av 2003 for å sikre at reglene om hundehold bygger på et godt og velfundert grunnlag.»

Vedtaket blei fatta i samband med handsaminga av Dokument 8:71 S (2016–2017), jf. Innst. 340 S (2016–2017).

Landbruks- og matdepartementet fekk ved kgl.res. den 1. mars 2019 overført ansvaret for hundelova frå Justis- og beredskapsdepartementet. Landbruks- og matdepartementet har gjort ein gjennomgang av lova. Forslag til endringar av hundelova blei lagt fram i Prop. 85 L (2021–2022). Departementet legg til grunn at vedtak nr. 885, 13. juni 2017 med dette er følgt opp.

Til forsida