Del 2
Budsjettframlegg
5 Nærare omtale av løyvingsforslaga
Programområde 15 Landbruk og mat
Programkategori 15.00 Administrasjon m.m.
Utgifter under programkategori 15.00 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 | Endring i pst. |
1100 | Landbruks- og matdepartementet | 204 462 | 216 783 | 188 903 | -12,9 |
Sum kategori 15.00 | 204 462 | 216 783 | 188 903 | -12,9 |
Inntekter under programkategori 15.00 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 | Endring i pst. |
4100 | Landbruks- og matdepartementet | 76 403 | 1 154 | 135 | -88,3 |
Sum kategori 15.00 | 76 403 | 1 154 | 135 | -88,3 |
Mål og strategiar
Departementet sitt ansvarsområde dekkjer heile verdikjeda frå primærprodusent til forbrukar, medrekna juridiske og økonomiske verkemiddel for mat, jordbruk, skogbruk, reindrift, klima- og miljøtiltak i sektoren, nye landbruksbaserte næringar og haustbare viltressursar. Landbruks- og matdepartementet har som mål at forvaltninga skal vere effektiv. Det inneber at forvaltninga skal tilby enkle og brukarvenlege løysingar og vere kjenneteikna av god kvalitet og tillit, i tillegg til å ha gode system for samfunnstryggleik og beredskap. Sjå òg omtale av målet om ei effektiv landbruks- og matforvaltning i del III av proposisjonen.
Prioriteringar
Regjeringa ønskjer ein sterk og effektiv offentleg sektor som leverer gode tenester til innbyggjarane. Kostnadseffektiv bruk av statlege midlar er viktig i landbruks- og matforvaltninga. Ei meir effektiv drift skaper handlingsrom i statsbudsjettet, og kjem samfunnet til gode. Arbeidet med forenkling og forbetring av prosessar, oppgåver og system har som mål å gi betre tenester og tillitt og reduserte kostnader for samfunnet. Arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap både i departementet og i underliggjande verksemder vil òg vere viktig i 2023. Sjå òg omtale av prioriteringane på dei ulike fagområda under dei respektive budsjettkapitla i proposisjonen.
Kap. 1100 Landbruks- og matdepartementet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
01 | Driftsutgifter | 166 763 | 168 167 | 170 617 |
21 | Spesielle driftsutgifter, kan overførast | 14 298 | 45 610 | 15 280 |
45 | Større utstyrskjøp og vedlikehald – ordinære forvaltningsorgan, kan overførast, kan nyttast under post 50 | 23 114 | 2 720 | 2 720 |
50 | Større utstyrskjøp og vedlikehald – forvaltningsorgan med særskilde fullmakter | 287 | 286 | 286 |
Sum kap. 1100 | 204 462 | 216 783 | 188 903 |
Post 01 Driftsutgifter
Formål med løyvinga
Landbruks- og matdepartementet har ansvaret for å utvikle og setje i verk den overordna politikken innan områda mat, jordbruk, skogbruk, reindrift, klima- og miljøtiltak i sektoren, nye landbruksbaserte næringar og haustbare viltressursar. Løyvinga dekkjer løns- og driftsutgifter i departementet.
Rapportering 2021
Det blei i 2021 nytta 166,8 mill. kroner i tråd med formålet med løyvinga. Om lag 77 pst. av utgiftene var lønsrelaterte utgifter, mens om lag 16 pst. var relatert til husleige og lokaler. Resten av løyvinga blei nytta til andre driftsutgifter, til dømes kjøp av IKT-utstyr og andre utgifter for drift og utvikling av IKT, reiser, kurs for tilsette og abonnement. Per 31. desember 2021 hadde departementet 126 utførte årsverk.
Budsjettframlegg 2023
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 170,6 mill. kroner. Løyvinga er redusert med 0,8 mill. kroner som følgje av endra jobbreisevanar etter pandemien
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast
Formål med løyvinga
Løyvinga blir nytta til særskilde prosjekt og utgreiingsutval med meir.
Rapportering 2021
Det blei i 2021 nytta 14,3 mill. kroner i tråd med formålet med løyvinga. Dei prosjekta det blei brukt mest midlar på i 2021 var kampen mot skrantesjuke (CWD) i regi av Mattilsynet og matgledekorps i regi av Statsforvaltarane.
Budsjettframlegg 2023
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 15,3 mill. kroner. Løyvinga vil bli nytta til særskilde prosjekt og utgreiingar, mellom anna tiltak mot skrantesjuke.
Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald – ordinære forvaltningsorgan, kan overførast, kan nyttast under post 50
Formål med løyvinga
Løyvinga dekkjer investeringar i departementet og utgifter til vedlikehald av eigedommane til departementet. Løyvinga dekkjer òg delvis finansiering av investeringar i underliggjande verksemder og utgifter/arbeid i samband med sal og taksering av eigedommar.
Rapportering 2021
Det blei i 2021 nytta 23,1 mill. kroner i tråd med formålet med løyvinga. Midlane blei i all hovudsak nytta til større oppgraderingar og vedlikehald ved dei mange eigedommane som departementet eig, og som er fordelte på alle landsdelar. I tråd med Landbruks- og matdepartementets sin Prop. 1 S (2020–2021), kan departementet overskride løyvinga på posten ved sal av eigedom avgrensa opp til 25 mill. kroner. Det blei i 2021 nytta meir enn løyvinga grunna sal av eigedom, jf. omtale under kapittel 4100, post 40.
Budsjettframlegg 2023
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 2,7 mill. kroner, som vil bli nytta til naudsynt vedlikehald og utbetringar ved eigedommane som departementet eig. Posten kan overskridast ved sal av statleg eigedom, jf. framlegg til vedtak II.
Post 50 Større utstyrskjøp og vedlikehald – forvaltningsorgan med særskilde fullmakter
Formål med løyvinga
Løyvinga dekkjer delfinansiering av innkjøp og vedlikehald i dei nettobudsjetterte institutta under departementet. Posten må sjåast i samanheng med post 45.
Rapportering 2021
Det blei i 2021 nytta 0,3 mill. kroner. Løyvinga blei tildelt Norsk institutt for bioøkonomi, som sørga for naudsynt vedlikehald og drift av departementet sin eigedom i Øystre Slidre.
Budsjettframlegg 2023
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 0,3 mill. kroner.
Kap. 4100 Landbruks- og matdepartementet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
01 | Refusjonar m.m. | 273 | 131 | 135 |
30 | Husleige | 500 | 1 023 | |
40 | Sal av eigedom | 75 631 | ||
Sum kap. 4100 | 76 403 | 1 154 | 135 |
Post 40 Sal av eigedom
Rapportering 2021
I 2021 blei inntekter på 75,6 mill. kroner frå salet av eigedommen i Moerveien i Ås kommune førte på posten.
Programkategori 15.10 Matpolitikk
Utgifter under programkategori 15.10 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 | Endring i pst. |
1112 | Veterinærinstituttet | 103 049 | 104 638 | 106 696 | 2,0 |
1115 | Mattilsynet | 1 440 991 | 1 450 690 | 1 485 145 | 2,4 |
Sum kategori 15.10 | 1 544 040 | 1 555 328 | 1 591 841 | 2,3 |
Inntekter under programkategori 15.10 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 | Endring i pst. |
4115 | Mattilsynet | 203 885 | 208 642 | 212 397 | 1,8 |
Sum kategori 15.10 | 203 885 | 208 642 | 212 397 | 1,8 |
Mål og strategiar
Budsjettframlegget omfattar Mattilsynet og løyving til oppgåver innanfor kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling og beredskap ved Veterinærinstituttet. Sjå òg nærare omtale av Veterinærinstituttet i Prop. 1 S (2022–2023) frå Nærings- og fiskeridepartementet. Budsjettframlegget er viktig for arbeidet med å nå matpolitiske mål og skal særleg bidra til å nå måla i matlova, dyrevelferdslova, dyrehelsepersonellova, husdyravlslova og planteforedlarlova. Ein del av dette arbeidet har ikkje direkte samanheng med matproduksjon. Framlegget omfattar i tillegg arbeidet til Mattilsynet for å nå måla i kosmetikklova.
Det faglege ansvaret på matområdet er delt mellom Helse- og omsorgsdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet og Landbruks- og matdepartementet. Matpolitikken til regjeringa dekkjer heile matproduksjonskjeda frå jord og fjord til bord. Målstrukturen på dette politikkområdet skil seg difor noko frå måla for landbruks- og matpolitikken slik dei er omtalte i andre kapittel i denne budsjettproposisjonen.
Hovudmåla på det matpolitiske området er
å sikre trygg mat og trygt drikkevatn
å fremje helse, kvalitet og forbrukaromsyn
å fremje god plantehelse og god helse og velferd hos landdyr og fisk
Andre viktige omsyn er
tilrettelegging for marknadstilgang for norske produkt
sunt kosthald og gode matopplevingar
nyskaping, mangfald, matkultur og verdiskaping
langsiktig matforsyning og berekraftig og miljøvenleg produksjon
Regjeringa legg vekt på at maten skal vere trygg og tilfredsstille ønskje og behov hos forbrukarane. Ein mangfaldig matmarknad og lovfesta matinformasjon som er rett, relevant og lett tilgjengeleg, er viktige føresetnader for at forbrukarane skal kunne ta informerte val, setje saman eit sunt kosthald og utøve makt i matmarknaden.
Regjeringa legg vekt på at rammevilkåra for næringsaktørane, mellom anna regelverk og kontroll, blir fastsette og følgde opp på ein slik måte at det ikkje oppstår unødige konkurransevridingar, samstundes som verksemdene må kunne nytte fleksibiliteten som ligg i regelverket.
Omfattande handel med innsatsvarer, planter, dyr og mat over landegrensene krev eit sterkt internasjonalt samarbeid. Handelen må skje i samsvar med internasjonale avtalar og vere basert på internasjonale standardar. Det er viktig for å sikre at varene vi importerer er trygge og oppfyller krava frå forbrukarane. Det er òg viktig for å fremje god plante- og dyrehelse. For at norsk eksport ikkje skal bli hindra av urettvise krav frå importlanda, må Noreg vere leiande innan overvaking, risikovurderingar og forsking, særleg for sjømat og fiskehelse. Aktiv norsk deltaking i internasjonale forum er naudsynt, både for å påverke innhaldet i standardar og regelverk og for å utveksle og utvikle kunnskap og erfaring.
Noreg tek aktivt del i internasjonalt samarbeid på matområdet, mellom anna i Codex Alimentarius Commission som er FNs organisasjon for matvarestandardar under FNs organisasjon for mat og landbruk (FAO) og Verdshelseorganisasjonen (WHO), Verdsdyrehelseorganisasjonen (WOAH,) og den internasjonale plantevernkonvensjonen (IPPC). Organisasjonane utviklar standardar som blir lagde til grunn i avtaleverket om mattryggleik og matkvalitet, helse og miljø under Verdshandelsorganisasjonen (WTO) (SPS-avtalen og TBT-avtalen). Desse avtalane legg òg premissar for regelverket i EU/EØS.
Hovuddelen av regelverket på matområdet er harmonisert innanfor EØS. EØS-avtalen er basert på at regelverket i EU og Noreg så raskt som mogleg skal vere det same. Effektive og gode EØS-rutinar er difor svært viktige. Regjeringa legg vekt på tidleg involvering av interessentane, tydelege posisjonar og målretta innsats i regelverksutviklinga under Europakommisjonen, der EØS-avtalen gir Noreg best tilgang. Ved større eller viktige rammerettsakter som blir handsama i Europaparlamentet eller Rådet for den europeiske union, arbeider regjeringa inn mot desse organa for å fremje norske synspunkt.
Mattilsynet er ein sentral offentleg aktør i gjennomføringa av matpolitikken. Oppgåvene omfattar regelverksutvikling, offentleg kontroll, rettleiing, kartlegging og overvaking i heile matproduksjonskjeda, frå innsatsvarer og primærproduksjon til omsetnad til forbrukarane.
God kunnskap og vitskapleg dokumentasjon er avgjerande for å nå måla i matpolitikken. Som ledd i regelverksutviklinga på matområdet utfører Vitskapskomiteen for mat og miljø (VKM) uavhengige faglege risikovurderingar for Mattilsynet. Arbeidet krev god samhandling med Mattilsynet og andre kunnskapsinstitusjonar og god kontakt med den europeiske myndigheita for næringsmiddeltryggleik (European Food Safety Authority – EFSA). Sjå òg Prop. 1 S (2022–2023) frå Helse- og omsorgsdepartementet kap. 745.
God fagleg beredskap, kunnskapsutvikling og formidling er viktig for å nå matpolitiske mål og for å sikre kunnskapsbasert forvaltning. Her har Veterinærinstituttet, Havforskingsinstituttet, Norsk institutt for bioøkonomi og Folkehelseinstituttet viktige roller.
Mattilsynet arbeider kontinuerleg med å gjennomføre tiltak for å betre forvaltningskvaliteten i heile verksemda. Meir målretta og effektivt tilsyn og kontroll skal bli nådd ved meir brukarorientering i tilbodet av betre og fleire digitale tenester og betre dialog med næringsaktørane.
Prioriteringar
Målet om å sikre trygg mat og trygt drikkevatn
Situasjonen i Noreg er god samanlikna med andre land for førekomst av matboren sjukdom. Det er naudsynt med kontinuerleg innsats for å halde oppe god mattryggleik. Arbeidet for trygg mat må kontinuerleg tilpassast nye trendar, endra klimatiske forhold og utviklinga i den globale matvaremarknaden og forsyningskjedene. Endringane kan skape nye moglegheiter, som til dømes at nye ressursar kan nyttast til mat og fôr, men også nye truslar, slik som auka fare for utvikling av antibiotikaresistens eller overføring av sjukdom frå dyr til menneske.
Innsatsvarene og matvarene skal vere trygge. Regelverket og kontrollen skal leggjast opp slik at ein gjennom innsats i alle ledd i matproduksjonskjeda bidrar til at sluttprodukta er trygge. I arbeidet for å sikre trygg mat er det viktig å redusere risikoen for sjukdom eller helseskade som kan oppstå på grunn av smittestoff eller framandstoff i innsatsvarer, mat og drikkevatn.
Det er verksemdene som har ansvaret for å etterleve regelverket slik at maten er trygg, og for å sikre god hygiene i heile matproduksjonskjeda. Det er særleg viktig med effektive hygienetiltak og gode arbeidsrutinar i verksemder som framstiller lettskjemd mat eller handterer mat som ikkje er innpakka.
Kvaliteten på drikkevatnet i Noreg er generelt god, men mange vassforsyningssystem er sårbare på grunn av gamle leidningsnett som er utsette for lekkasjar. Enkelte stader er det dessutan ikkje gode nok reservevassløysingar dersom hovudvassforsyninga sviktar. I mange tilfelle trengst det auka innsats frå vassverka for å sikre trygg vassforsyning i framtida, ikkje minst ved å auke utskiftingstakten av gamle vassrøyr.
Fleire tilfelle dei siste åra viser den nære samanhengen mellom sjukdom hos dyr og sjukdom hos menneske. Tal frå WHO viser at om lag 75 pst. av nye eller kjende infeksjonar som har auka hos menneske dei siste 30 åra, kjem av smittestoff frå dyr. Å ta vare på den gode norske dyrehelsa, som er eit resultat av systematisk arbeid gjennom mange år, er viktig både for mattryggleiken og for god helsetilstand hos menneske og dyr.
Overvaking av inntaket av næringsstoff og framandstoff er viktig i folkehelsearbeidet og som grunnlag for faglege risikovurderingar. Mattilsynet samarbeider med Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet for å oppdatere inntaksdata om kor mykje folk brukar av ulike matvarer, og data om innhaldet av næringsstoff og framandstoff i matvarene. I dette samarbeidet blir Matvaretabellen med opplysningar om innhald av næringsstoff i matvarer utvida og forbetra kontinuerleg. Det er òg viktig med kunnskap om innhaldet av framandstoff i innsatsvarer og råvarer, og om miljøforureiningar eller andre uønskte stoff i vatn eller jordsmonn som kan påverke innhaldet av framandstoff i fisk, landdyr og planter. Dette er nærare omtalt under kap. 1115 og i del III.
Målet om å fremje helse, kvalitet og forbrukaromsyn
Ernæringsarbeidet er omtalt i Prop. 1 S (2022–2023) frå Helse- og omsorgsdepartementet og ligg i hovudsak under Helsedirektoratet. Arbeidet følgjer opp måla i Nasjonal handlingsplan for bedre kosthold (2017–2021) som er forlenga til 2023. Ansvaret for kostråda ligg hos helsestyresmaktene, men arbeidet med å leggje til rette for eit kosthald som er i samsvar med kostråda blir følgt opp av mange aktørar. Mattilsynet har òg ei viktig rolle i dette arbeidet, særleg for regelverk og tilsyn knytt til merking av mat, til dømes om ingrediensar og allergen, næringsinnhald, ernærings- og helsepåstandar og frivillig sunnheitsmerking. Rett merking er viktig for at forbrukarane skal kunne gjere informerte val og handtere maten rett. Den nordiske ordninga med frivillig sunnheitsmerking av mat, Nøkkelhòlet, gir forbrukarane betre informasjon om matvarer som kan bidra til eit sunnare kosthald.
Merking av mat er i hovudsak regulert i matinformasjonsforskrifta, men det er òg enkelte særskilte nasjonale reglar, til dømes for sjømat. Regjeringa vil arbeide vidare opp mot EU med sikte på at reglane i matinformasjonsforordninga om plikt til merking av ingrediensar og næringsinnhald òg skal gjelde for alkoholhaldige drikkevarer. Regjeringa vil også aktivt følgje opp Europakommisjonen sitt kommande arbeid med revidering av matinformasjonsforordninga der både opprinnelsesmerking, datomerking og forside ernæringsmerking vil vere sentrale tema.
Målet om å fremje god plantehelse og god helse og velferd hos landdyr og fisk
Det er viktig med god overvaking og høg beredskap mot mange plante- og dyresjukdommar, planteskadegjerarar og sjukdommar som smittar mellom dyr og menneske (zoonosar).
Regjeringa vil leggje vekt på å hindre at hjorteviltsjukdommen skrantesjuke, chronic wasting disease (CWD), får fotfeste i Noreg. Den omfattande kartlegginga vil bli ført vidare for å få best mogleg oversikt over situasjonen. Viktige oppgåver er å kartleggje utbreiinga og leggje til rette for å etablere ein ny villreinflokk i Nordfjella, følgje opp vedteke handsaming av klassisk skrantesjuke på Hardangervidda og bidra til å utforme den langsiktige forvaltninga av skrantesjuke.
Feil og for mykje bruk av antibiotika til folk og dyr har globalt ført til ein vesentleg auke av motstandsdyktige bakteriar som utgjer eit alvorleg helsetrugsmål. Regjeringa er svært merksam på dette, og vil utarbeide ein ny tverrsektoriell strategi mot antibiotikaresistens som skal avløyse strategien som var for perioden 2015–2020 og som blei forlenga grunna pandemien. Ei regjeringsoppnemnd ekspertgruppe har levert rapporten Antibiotikaresistens: Kunnskapshull, utfordringer og aktuelle tiltak – Status 2020. Denne skal danne grunnlaget for regjeringa sitt vidare strategiarbeid, og sektorvise handlingsplanar. Aktiv deltaking i internasjonale forum er viktig for å bidra til ansvarleg bruk av antibiotika og utvikling av nye antibiotika, vaksinar og betre diagnostiske hjelpemiddel.
Salet av antibiotika til matproduserande landdyr er i perioden 2013–2021 redusert med 25 pst. målt i kg aktivt stoff, mens salet av antibiotika til hund og katt er redusert med 29 pst. Data rapportert for perioden 2015–2021 viser ein reduksjon på 11 pst. i salet av antibakterielle humanpreparat til hund og katt. Mengda antibakterielle middel som har blitt seld dei siste åra svarar til at anslagsvis 0,5–1 pst. av fisken blei behandla med ein antibiotikakur.
Evna til å løyse utfordringane med sjukdommar i havbruket er viktig for å kunne ta ut det langsiktige vekstpotensialet. Kontroll med sjukdom, inkludert lakselus, er òg viktig for å sikre god velferd, minke smittepresset i miljøet og redusere bruk og utslepp av medikament. Svinnet frå produksjon i oppdrettsnæringa er framleis høgt, og det er viktig å arbeide for å redusere dette tapet.
Trafikklyssystemet for kapasitetsjustering i havbruksnæringa byggjer på ein indikator for påverknad av lakselus på villfisk og inndeling av kysten i spesifikke produksjonsområde. Oppfølging og utvikling av dette systemet vil bli prioritert. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2022–2023) frå Nærings- og fiskeridepartementet.
Arbeidet med å fremje god dyrevelferd og gode haldningar til dyr er viktig. Det trengst auka merksemd både på hald av produksjonsdyr (inkludert fisk) og kjæledyr. Utvikling av kunnskap om korleis avlstiltak og ulike driftsformer påverkar dyrevelferda, er òg viktig.
Dyrevelferda i Noreg er gjennomgåande god, sjølv om det også er utfordringar. Systematisk arbeid med dyrevelferdsprogram for dei fleste produksjonar inkluderer regelmessig veterinærbesøk og kontroll på slakteria. Utvida sjukdomsregistrering i kjøttkontrollen, matkjedeinformasjon og helseregistreringssystem er døme på slike kontrollsystem. Dermed vil teikn på negativ utvikling bli raskare avdekka og tidlege tiltak for å sikre dyrevelferda kan setjast inn i husdyrproduksjonane. Mattilsynet gjennomfører i tillegg omfattande tilsynskampanjar for å kunne iverksette ytterlegare forbetringstiltak der det er naudsynt. Godt samarbeid mellom Mattilsynet og næringa, mellom anna med landbruket sine HMS-tenester og slakteria, bidreg òg til at vanskjøtte dyrehald kan bli oppdaga tidleg.
Verkemidla for å fremje dyrevelferd er styrkte dei seinare åra, mellom anna gjennom innføring av administrativt gebyr ved enkelte brott på regelverket. Mattilsynet har inngått ein samarbeidsavtale med politiet og det er etablert dyrekrimeiningar i heile landet.
Regjeringa har starta arbeidet med ei ny dyrevelferdsmelding. Meldinga skal omhandle alle dyr som er omfatta av dyrevelferdslova, inkludert fisk. Arbeidet vil ha merksemd på både dyrevelferd og føresetnader for dyrehald i primærnæringane våre, noko denne regjeringa prioriterer høgt. Meldinga vil ta for seg utviklinga i norsk dyrehald, husdyrproduksjon og havbruk, og også omtale ny kunnskap om dyrevelferd. Våre næringar treng gode rammevilkår med føreseielegheit og langsiktigheit, og at ulike omsyn er rett balansert. Meldinga bør òg ta stilling til utvikling av regelverk i EU som vil vere relevant for Noreg.
Andre omsyn
Tilrettelegging for marknadstilgang for norske produkt
Kontakt med aktuelle styresmakter i andre land er avgjerande for å betre marknadstilgangen.
Norsk sjømat skal vere trygg og av god kvalitet slik at han blir føretrekt på den globale marknaden. Dei seinare åra har det vore ein auke i krava til dokumentasjon på tryggleiken til produkta som blir eksporterte. For Noreg, som stor eksportør av sjømat, er det avgjerande å kunne dokumentere mattryggleik og kvalitet gjennom heile produksjonskjeda og å skape føreseielege rammevilkår for eksport. Tilsynsarbeidet til Mattilsynet og kommunikasjon med styresmaktene i importlanda er avgjerande for tilliten.
Den gode norske dyrehelsa blir nytta i eksportsamanheng, mellom anna ved den aukande eksporten av avlsprodukt frå husdyr. Marknadstilgang til utlandet er òg viktig for ein del andre landbruksprodukt.
Sunt kosthald og gode matopplevingar
Det er viktig at fagleg og vitskapleg basert informasjon om samanhengen mellom kosthald og helse, både for kvar enkelt og for folkehelsa, når fram til forbrukarane på ein tenleg måte. I tillegg må arbeidet for å leggje til rette for eit sunnare kosthald vere basert på kva mat forbrukar ønskjer, men og på matglede og god matkvalitet. Mange er òg opptekne av kvar maten kjem frå og korleis han blir produsert.
Folkehelsepolitikken legg mellom anna vekt på tiltak for å gjere det enklare å velje sunt, leggje til rette for gode mat- og måltidsvanar i barnehagar, skolar/SFO og hos eldre. Det er viktig å styrkje kunnskapen om mat, matlaging, kosthald og ernæring, jf. Nasjonal handlingsplan for bedre kosthold (2017–2021) som er forlenga til 2023. Sjå nærare omtale av handlingsplanen i Prop. 1 S (2022–2023) frå Helse- og omsorgsdepartementet. Innsatsen må også sjåast i samanheng med og følgje opp tiltak i Meld. St. 13 (2020–2021) Klimaplan 2021–2030, Meld. St. 40 (2020–2021) Mål med mening og strategien Matnasjonen Norge, samt regjeringa sin ambisjon om å gradvis innføre eit dagleg sunt, enkelt skulemåltid.
Matportalen.no presenterer forbrukarretta informasjon frå offentlege styresmakter om sunn og trygg mat, trening og fysisk aktivitet.
I arbeidet med å utvikle og synleggjere Matnasjonen Norge, er mat- og måltidsglede viktig. Det er eit sektorovergripande område som omhandlar mellom anna helse, ivaretaking av mattradisjonar, brukarinvolvering, berekraftig anskaffing av mat og drikke og lokale arbeidsplassar.
Matglede for eldre på institusjonar har spesielt fått mykje merksemd mellom anna gjennom prosjektet «Gylne Måltidsøyeblikk» og «Matgledekorpsene».
I 2022 er det kommunar i Oslo og Viken, Vestland og Møre- og Romsdal som får bli inspirert av matgledekorpsa. Det er stor interesse for å dette arbeidet og både digitale og fysiske møteplassar blir tekne i bruk. Mange av dei gode eksempla blir samla på heimesida Matgledekorpset.no, og det er utvikla eit eige lågterskel e-læringskurs.
Tiltaket er eit samarbeid mellom Landbruks- og matdepartementet og dei involverte statsforvaltarembeta.
Nyskaping, mangfald, matkultur og verdiskaping
Innovasjon og næringsutvikling i produksjon av mat med lokal identitet er viktig for å kunne ha sterke og innovative små og store verksemder. Regjeringa vil bidra til å auke tilgangen til lokale matprodukt for forbrukarane. Sjå nærare omtale under kat. 15.30.
Mattilsynet vil halde fram arbeidet med å informere betre om regelverket og gjere det meir tilgjengeleg. Å kommunisere og dele kunnskap med verksemder, bransjeorganisasjonar og kompetansenettverk er viktig for utviklinga på lokalmatområdet.
Langsiktig matforsyning og berekraftig og miljøvenleg produksjon
Det er aukande merksemd nasjonalt og internasjonalt på utvikling av berekraftige matsystem. Mellom anna har EU i 2020 lagt fram sin Farm to Fork-strategi for eit berekraftig, sunt og rettferdig matsystem som ein del av Europas grønne giv. FN heldt hausten 2021 ein verdskonferanse om matsystem som eit ledd i arbeidet med skape framgang for dei 17 berekraftsmåla fram mot 2030, som alle til ei viss grad er knytte til sunnare, meir berekraftige og rettferdige matsystem. Begge desse initiativa vil òg ha verknad på matpolitikken i Noreg. Regjeringa vil følgje initiativa og utvikle relevante norske tiltak også innanfor matområdet.
Matsvinn er identifisert som ei av utfordringane på nasjonalt nivå for å oppfylle FN sitt berekraftmål om å halvere matsvinnet per innbyggjar på verdsbasis innan 2030. Bransjeavtalen om redusert matsvinn frå 2017 dannar grunnlag for samarbeid mellom styresmakter og alle ledd i matverdikjeda om å fremje betre utnytting av ressursar og råstoff gjennom førebygging og reduksjon av matsvinn i heile matkjeda. Landbruksdirektoratet fekk i 2019 ansvaret for å utarbeide statistikk for matsvinn i jordbrukssektoren. Statistikken blei publisert for første gong i 2021, og vil bli publisert årleg heretter. Landbruksdirektoratet får i 2023 i oppdrag å utarbeide eit kunnskapsgrunnlag om årsaker til matsvinn og føreslå tiltak for å redusere matsvinnet innanfor grøntsektoren sitt primærledd. Det skal leverast rapport til jordbruksoppgjeret 2024.
Det vil bli arbeidd med å redusere bruk og risiko for negative helse- og miljøeffektar ved bruk av plantevernmiddel, i tråd med gjeldande Handlingsplan for bærekraftig bruk av plantevernmidler. I dette arbeidet er det viktig med integrert plantevern, der ein i størst mogleg grad nyttar alternativ til kjemiske plantevernmiddel. Godt samarbeid mellom næringa, rådgivingstenesta, kunnskapsinstitusjonar og styresmakter er sentralt for å kunne nå måla i handlingsplanen.
Regjeringa tek utgangspunkt i at berekraftig havbruk vil bidra til at mat frå havet blir ei viktig kjelde til matsikkerheit og ernæring og slik kan bidra til å oppfylle FN sitt berekraftsmål. Skal Noreg lukkast som havbruksnasjon framover, må vi mellom anna sikre god marknadstilgang og finne løysingar på berekraftsutfordringar. Her har god fiskehelse og -velferd ei nøkkelrolle.
Ytterlegare omtale av arbeidet for å sikre langsiktig matforsyning og berekraftig og miljøvenleg produksjon finst under kat. 15.30.
I Prop. 1 S (2022–2023) frå Nærings- og fiskeridepartementet er sjømat omtalt.
Kap. 1112 Veterinærinstituttet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
50 | Kunnskapsutvikling, formidling og beredskap | 103 049 | 104 638 | 106 696 |
Sum kap. 1112 | 103 049 | 104 638 | 106 696 |
Post 50 Kunnskapsutvikling, formidling og beredskap
Formål med løyvinga
Veterinærinstituttet (VI) er eit biomedisinsk forvaltnings- og forskingsinstitutt innan dyrehelse, fiskehelse, dyrevelferd og fôr- og mattryggleik. Instituttet er organisert som eit statleg forvaltningsorgan med særskild fullmakt. Verksemda arbeider med forsking, forvaltningsstøtte og oppdrag i marknaden. Instituttet har hovudkontor på Ås, og fem regionale kontor frå Sandnes i sør til Tromsø i nord.
VI skal innan områda dyrehelse, fiskehelse, dyrevelferd og fôr- og matvaretryggleik, vere den leiande kunnskapsleverandøren til forvaltninga.
VI har følgjande mål:
Hovudmål: God helse hos dyr, fisk og menneske
Delmål: Kunnskapsbasert forvaltning
Delmål: God beredskap
Delmål: Konkurransekraftige bionæringar
Instituttet får løyvingar til oppgåvene sine innan dyrehelse, fôrtryggleik, dyrevelferd og mattryggleik over budsjettet til Landbruks- og matdepartementet. Oppgåvene innan fiskehelse og enkelte område innan sjømattryggleik blir finansierte over budsjettet til Nærings- og fiskeridepartementet, og blir omtalt i Prop. 1 S (2022–2023) frå Nærings- og fiskeridepartementet. Forsking er ein sentral del av verksemda til VI og er omtalt under kap. 1137.
Løyvinga på denne posten skal hovudsakeleg nyttast til:
Arbeid med kunnskapsutvikling, rådgiving, diagnostisk arbeid og laboratoriestøtte når det gjeld førebygging, oppklaring og handtering av alvorlege smittsame sjukdommar hos landdyr og sjukdom som smittar mellom dyr og menneske (zoonosar).
Bidrag i førebygging og handtering av kriser som kjem av smittestoff og andre helseskadelege stoff i fôr og mat.
Kunnskapsformidling til næringa, fagpersonell og dyreeigarar.
Samarbeid med styresmaktene og næringslivet om å utvikle berekraftig bioøkonomi i Noreg.
Rapportering 2021
Det blei i 2021 nytta 103,0 mill. kroner i tråd med formålet med løyvinga. I internasjonal samanheng vurderer VI status for norsk landdyrhelse og mattryggleik som svært god.
VI sitt viktigaste kunnskapsgrunnlag for å uttale seg om situasjonen for norsk landdyrhelse er prøvene som blir undersøkte på grunn av sjukdom eller mistanke om sjukdom. Desse stammar hovudsakeleg frå overvakingsprogram som instituttet gjennomfører for Mattilsynet, Miljødirektoratet og i kontrolloppdrag for næringane. I 2021 undersøkte instituttet i alt 197 000 prøver. Om lag 25.000 av desse blei undersøkte på grunn av mistanke om, eller oppfølging av, meldepliktig sjukdom hos landdyr eller listeført sjukdom hos fisk. Talet prøver er om lag på same nivå som året før.
Sjukdommen høgpatogen aviær influensa blei i 2021 påvist for første gang i kommersielt fjørfehald i Noreg etter at sjukdommen i 2020 for første gang blei påvist hos vill fugl her i landet. Sjukdommen blei påvist i to verpehønsflokkar i Rogaland. VI gjennomførte i den samanhengen mange analyser og ga råd og statusrapportar til forvaltning og næring.
Gjennom 2021 blei det undersøkt prøver frå om lag 21 600 hjortedyr for skrantesjuke/Chronic wasting disease, og det blei påvist tre nye tilfelle, to hos elg og eitt hos hjort. VI peikar på at observasjonar av denne sjukdommen hos nordisk elg og hjort tyder på at sjukdommen hos desse artane opptrer sporadisk, og så langt hos gamle dyr. Instituttet har gitt råd til Mattilsynet og Miljødirektoratet i handteringa av sjukdommen.
Kunnskapsoppbygginga Veterinærinstituttet gjer gjennom forsking, oppklaring av sjukdomutbrot, diagnostikk og overvakingsprogram er til nytte både for forvaltning og næring, og blir ofte formidla samla til desse brukargruppene. Det nasjonale kompetansesenteret for produksjonsdyr som blei oppretta i 2019, har i 2021 hatt god aktivitet og ei rekke kurs- og kompetansehevingstiltak trass koronapandemien. Det er mellom anna arrangert fysiske kurs i feltobduksjon i Tromsø og på Ås og ei rekke webinar. VI ga i 2021 for andre gang ut ein årleg rapport om dyrehelsesituasjonen i Noreg. Denne rapporten, saman med zoonoserapporten, medverkar til å sikre kunnskapsbasert rådgiving og riskovurdering for både forvaltning og næring.
VI flytta i 2021 hovudkontoret frå Oslo til Ås. Arbeidet med flyttinga har krevd stor innsats, men instituttet rapporterer at god planlegging og stor innsats frå dei tilsette gjorde at det ikkje var merkbar nedetid for analyseverksemda i denne perioden. Instituttet klarte slik å ta vare på beredskapsrolla gjennom heile flytteperioden. Eit viktig laboratorium for instituttet blei ikkje ferdigstilt i 2021. Veterinærinstituttet måtte difor halde ved lag aktivitet i laboratoriet i Oslo gjennom 2021.
I samarbeid med aktørar frå fjørfenæringa og Mattilsynet blei det våren 2021 gjennomført ei beredskapsøving («tabletop») om fugleinfluensa. Scenariet var lagt til ein fjørfeflokk i Rogaland. Erfaringane frå denne øvinga kom godt med i det reelle utbrotet av fugleinfluensa i same område nokre månader seinare.
Instituttet har i 2021 medverka til konkurransedyktige bionæringar mellom anna gjennom oppdragsanalysar, forskingsprosjekt finansiert gjennom næringane sine forskingsfond og gjennom råd, deltaking på seminar og konferansar og innovasjonsretta aktivitet.
Budsjettframlegg 2023
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 106,7 mill. kroner. Løyvinga er redusert med 0,9 mill. kroner som følgje av endra jobbreisevanar etter pandemien.
Helsa til menneske og dyr og tilstanden til økosystema dei lever i, er knytt saman, og om dette nyttar ein omgrepet Èn helse. VI sitt arbeid skal i tråd med hovudmålet verne om den gode dyrehelsa og mattryggleiken i Noreg. Det blir stadig viktigare å overvake og ha god kunnskap om sjukdommar som kan overførast mellom dyr og menneske (zoonosar).
Globalisering og klimaendringar kan utfordre den gode husdyrhelsa i Noreg. Instituttet vil difor leggje vekt på forsking og kunnskapsutvikling som sikrar og vidareutviklar den nasjonale beredskapen mot kjende og nye helsetrugsmål, med særleg vekt på konkrete førebyggjande tiltak i næring og forvaltning.
VI legg FN sine berekraftsmål til grunn for aktiviteten og vil kontinuerleg vidareutvikle kompetanse og metodar for framleis å vere i front innan sine fagområde. Det vil bli lagt auka vekt på førebyggande beredskap og prosjektbasert og risikobasert diagnostikk, og å modernisere arbeidet ved bruk av ny teknologi og nye metodar. VI vil prioritere arbeid med digitalisering for betre og raskare kunne utnytte og utveksle informasjon med næring og forvaltning.
Instituttet vil leggje stor vekt på å bidra til ei kunnskapsbasert forvaltning ved å møte dei behova Mattilsynet har for kunnskap, råd og laboratoriestøtte på kjerneområda til instituttet.
Kunnskapsutvikling, overvaking og rådgiving om antibiotikaresistens og skrantesjuke vil framleis vere viktig.
I arbeidet med å førebyggje sjukdom og å tryggje god dyrehelse er det viktig at VI òg gir råd til veterinærar, næring og forvaltning innan smittevern og biotryggleik. For å møte behova i matforvaltninga og næringa, vil instituttet leggje vekt på arbeidet ved det etablerte kompetansesenteret for produksjonsdyr. Dei fleste hovudaktivitetane ved senteret har base i Sandnes, men det er òg tilsette som arbeider med produksjonsdyrhelse i Tromsø, Trondheim og Ås, noko som fører til at senteret får ei god nasjonal dekning og tilgang på god kompetanse. Aktivitetane ved senteret skal komme til nytte for produksjonsdyrnæringa og forvaltninga i heile landet.
VI sitt arbeid for god beredskap vil i hovudsak bli retta mot meldepliktige/listeførte sjukdommar definert i forskrift, og andre alvorlege kjente eller ukjente tilstandar. Beredskapsarbeidet vil vere innretta mot
å føreseie den nasjonale og internasjonale helsesituasjonen gjennom overvaking og analyse
førebyggje ved å etablere beredskapsplanar, forstå sjukdomsmekanismar og risikofaktorar
oppdage og ha kunnskap om eventuelle smitte- og sjukdomssituasjonar
nedkjempe sjukdommar ved å yte bistand til Mattilsynet med råd, analysar og diagnostikk
VI vil leggje vekt på å støtte styresmakter og næringane i vidareutvikling av konkurransekraftige bionæringar. Instituttet sitt viktigaste bidrag her er forskingsbasert kunnskapsstøtte for betre å ta hand om helse og velferd i samband med berekraftig produksjon og uttak av biomasse på land og i havet.
Kap. 1115 Mattilsynet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
01 | Driftsutgifter | 1 420 429 | 1 433 305 | 1 457 767 |
22 | Reguleringspremie til kommunale og fylkeskommunale pensjonskasser | 17 267 | 13 185 | 13 185 |
71 | Tilskott til erstatningar, overslagsløyving | 3 294 | 4 200 | 14 193 |
Sum kap. 1115 | 1 440 991 | 1 450 690 | 1 485 145 |
Post 01 Driftsutgifter
Formål med løyvinga
Mattilsynet har hovudansvaret for å føre kontroll med at regelverket om mattryggleik, plantehelse, plantevernmiddel, dyrehelse, dyrevelferd, kvalitet og forbrukaromsyn blir etterlevd i heile matproduksjonskjeda.
Mattilsynet fører òg kontroll med at regelverket blir etterlevd på andre område. Dette gjeld mellom anna regelverk om dyrehelsepersonell, planter og dyr som ikkje inngår i matproduksjon, husdyravl, kosmetikk og kroppspleieprodukt, og omsetnad av reseptfrie legemiddel utanom apotek.
Mattilsynet har òg oppgåver knytte til regelverksutvikling og internasjonalt arbeid. Området er sterkt påverka av internasjonale rammevilkår.
Det er verksemdene sjølve som har ansvar for å kjenne til og etterleve regelverket. Aktiv rettleiing frå Mattilsynet om regelverket er viktig. Mattilsynet vil bruke dei verkemidla lovverket stiller til rådvelde når det er naudsynt for å sikre etterleving av regelverket.
Mattilsynet vil arbeide etter desse måla:
sikre helsemessig trygg mat og trygt drikkevatn
fremje god helse hos planter, landdyr og fisk
fremje god dyrevelferd og respekt for dyr
fremje helse, kvalitet og forbrukaromsyn
vareta miljøvenleg produksjon
tilrettelegging for marknadstilgang for norske produkt
Innanfor rammene av dei måla som er sette i lovgivinga, vil Mattilsynet samstundes arbeide på ein slik måte at det tek omsyn til aktørane langs heile matproduksjonskjeda. Det omfattar òg marknadstilgang i utlandet.
Hovudverkemidla i arbeidet er å
utvikle regelverk
rettleie om regelverk
handheve regelverk
overvake status og utvikling på området
ha god beredskap for handtering av hendingar og kriser
Folkehelseinstituttet, Havforskingsinstituttet, Norsk institutt for bioøkonomi og Veterinærinstituttet yter kunnskapsstøtte til Mattilsynet og har ein fagleg beredskap med grunnlag i løyvingar frå dei ansvarlege departementa.
Mattilsynet innhentar uavhengige risikovurderingar frå Vitskapskomiteen for mat og miljø når det trengst i regelverksarbeidet og den utøvande forvaltninga.
Rapportering 2021
Det blei i 2021 nytta 1 420,4 mill. kroner i tråd med formålet med løyvinga.
Målet om å sikre trygg mat og trygt drikkevatn
Mattilsynet gjennomførte i 2021 offentleg kontroll med drikkevassbasseng hos 1013 vassverkseigarar. 358 fekk eit varsel om vedtak, 293 gjekk vidare til vedtak. Ti vassverkseigarar fekk pålegg om tvangsmulkt. Mange av tilsyna blei gjennomførte som dokumentkontroll. For å gjennomføre eit effektivt tilsyn innhenta Mattilsynet informasjon frå vassverkseigarane på førehand, gjennom skjematenesta og ei spørjeundersøking. Denne forma for tilsyn var ei ny erfaring for Mattilsynet. Det var ein effektiv måte å få gjennomført den offentlege kontrollen Mattilsynet hadde planlagt på drikkevassområdet trass i koronarestriksjonar.
I 2021 fekk Mattilsynet 2680 plansaker, ein auke på over 30 pst. frå året før. Det blei fremja innvendingar til 14 planar. Som sektorstyresmakt, først og fremst på drikkevass- og akvakulturområdet, har Mattilsynet samarbeidd om dei regionale vassforvaltningsplanane og delteke i dei regionale vassregionutvala i den grad ressursane har tillate det.
Eit utbrott av salmonella frå februar til mars omfatta 30 registrerte sjukdomstilfelle og resulterte i at 13 personar måtte leggjast inn på sjukehus. Årsaka viste seg å vere importert tysk storfekjøtt. Sporingsarbeidet var omfattande. Næringa sørga for at råvara og alt kjøtt som ikkje hadde blitt varmebehandla, blei trekt tilbake.
Årleg overvaker Mattilsynet utvalde mat- og drikkevarer for mellom anna miljøgifter, legemiddelrestar og plantevernmiddelrestar. Her undersøkjer Mattilsynet om grenseverdiane blir overhaldne. Det er generelt få funn over dei gjeldande grenseverdiane. Mattilsynet analyserer også stoff kor det ikkje er sett grenseverdiar. Dette kan vere stoff der det er behov for meir kunnskap for å kunne seie noko om helserisikoen ved inntak frå mat, eller for å kunne fastsetje grenseverdiar. Døme her er uorganisk arsen, akrylamid og pyrrolizidinalkaloid. Med god kunnskap om førekomst av desse stoffa i maten kan ein vurdere risikoen ved inntak og setje grenseverdiar for stoff basert på eit godt datagrunnlag.
Fleire produkt blei i 2021 trekte tilbake frå omsetnadsledd på grunn av innhald av etylenoksid. Funn blei først gjort i sesamfrø frå India, men blei seinare gjort i fleire andre matvarer. I volum var det ei av dei største sakene der Mattilsynet har gitt pålegg om tilbaketrekking av matvarer, og omfatta blant anna iskrem, kjøttvarer, bakervarer, kosttilskott og krydder.
System for kjøttkontroll er eit resultat av det fleirårige prosjektet. Løysingane er utarbeidde i samarbeid med næringa og datafangsten fører til betre kvalitet og større effektivitet i arbeidet. Systemet skal vidareutviklast i tråd med brukarbehov og samfunnsnytte.
For å sikre forbrukarane god informasjon om dei hygieniske tilhøva ved ein serveringsstad, blei smilefjestilsyn starta opp i 2016. Meir enn 8 000 serveringsstadar er omfatta av ordninga. Pandemien har gitt store utfordringar for denne type verksemder, kor mange har vore stengde i periodar og mange har måtta leggje om drifta. I 2021 gjennomførte Mattilsynet 4649 smilefjestilsyn, kor nyoppstarta verksemder og verksemder der det tidlegare har blitt avdekka avvik, blei prioriterte. Etter seks års drift med over 40 000 tilsyn, er konklusjonen til Mattilsynet at ordninga har ført til betre hygieneforhold, raskare retting av påpeikte avvik og betre standard på rutinar og leiing i serveringsbransjen.
Målet om å fremje god helse hos planter, landdyr og fisk
Plantehelse
Plantehelse blir vurdert ut frå fråver av planteskadegjerarar som virus, bakteriar, insekt, midd, sopp og nematodar. Mattilsynet overvaker og kartlegg årleg prioriterte planteskadegjerarar. Av dei rundt 170 skadegjerarane på EPPOs A2-liste, finst 15 i Norge.
Pærebrann blei for første gang på mange år funne på ein planteskule, og omfattande tiltak blei gjennomførte i fleire verksemder for å hindre at smitten blei spreidd gjennom sal av planter. Tiltak er sett i verk, men Mattilsynet erfarer at tiltaka som er naudsynte for kontroll med sjukdommen og hindre videre smitte, er ressurskrevjande. Det vil difor komme i stand eit samarbeid med næringa for ein gjennomgang av regelverket og strategi i tida framover.
Landdyrhelse
Sjølv om den generelle dyrehelsestatusen er god, blei dei første to utbrotta av høgpatogen fugleinfluensa i kommersielle fjørfehold avdekka i 2021. Begge fjørfebesetningane blei raskt avliva og sanert, og egg og biprodukt frå dei smitta besetningane blei destruert som ledd i saneringa for å hindre smittespreiing.
Handteringa av CWD er eit langsiktig arbeid som har vore prioritert òg i 2021. Mattilsynet og Miljødirektoratet sendte ei felles tilråding til Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet om tiltak, der høgt bukkeuttak og generell reduksjon av bestanden var blant dei viktigaste tiltaka. Det er ikkje avdekkt nye tilfelle av skrantesjuke hos villrein.
Mædi er ein sjukdom som utviklar seg langsamt og som er vanskeleg å oppdage. Nedkjempinga er difor krevjande. For å fjerne all smitte blei alle sauebuskapar i mædisona testa i fleire omgangar. Det blei ikkje påvist smitte i nokon av buskapane i andre kartleggingsrunde.
Fiskehelse
Helsetilstanden til norsk oppdrettsfisk er ikkje god nok sjølv om talet på utbrott av Pankreas sjukdom (PD) blei vesentleg redusert i 2021 samanlikna med tidlegare år. Spreiing av infeksiøs lakseanemi (ILA) er prega av at talet på utbrott har vore høgt dei to siste åra. Samstundes er talet ILA-utbrott vesentleg redusert første halvdel av 2022. Nedkjemping av ILA-utbrott er ei stor oppgåve for både næring og tilsyn. Mattilsynet har prioritert dialog med næringa med mål om ei effektiv ILA-forvaltning som er i tråd med EU si nye dyrehelseforordning.
Førekomst av ikkje-listeført sjukdom utgjer eit helse- og velferdsproblem som gjer fisken mindre motstandsdyktig til å tole blant anna handtering og behandling mot lakselus.
Infeksiøs hematopoetisk nekrose (IHN) er ein alvorleg virussjukdom hos laksefisk som per i dag ikkje finst i Noreg. På grunn av aukande førekomst i nabolanda vil Mattilsynet vurdere å styrkje beredskapen mot denne sjukdomen.
Målet om å fremje god dyrevelferd og respekt for dyr
Landdyrvelferd
Den viktigaste innsatsen til Mattilsynet har i 2021 har vore tilsynskampanjen på svin, handtering av kronisk dårlege dyrehald og oppfølging av bekymringsmeldingar.
I 2021 fekk Mattilsynet 12 085 bekymringsmeldingar om dyrevelferd. Målet er å identifisere dei viktigaste meldingane på ein effektiv og treffsikker måte. Mattilsynet har vidareutvikla meldetenesta «Varsle oss» på nettsidene sine. Det er for tidleg å seie kva slags effekt dette vil få på talet på meldingar og kor godt ein treff i oppfølginga.
I «Nasjonal tilsynskampanje om velferd for svin 2021–2022» blei det i 2021 gjennomført 342 av totalt 600 planlagde tilsyn i tilfeldig utvalde buskapar. Førebelse funn viser brott på regelverket i 53 pst. av dyrehalda. Ei rekke sjekkpunkt blir kontrollert, og for meir enn 85 pst. av alle sjekkpunkta blei det ikkje funne regelbrott. Det er ikkje funne avvik som har ført til vedtak om avvikling eller bruk av andre inngripande verkemiddel.
Mattilsynet samarbeider med aktuelle aktørar, både andre forvaltningsorgan og dyreeigarar, for å redusere tap på utmarksbeite og i situasjonar med tap av beitedyr til rovvilt.
Det er etablert dyrekrimeiningar i heile landet der Mattilsynet og politiet samarbeider.
Fiskevelferd
Mattilsynet har utarbeidd ein rettleiar for dyrehelsepersonell ved bruk av ikkje-medikamentell behandling mot lakselus. I tillegg har Mattilsynet utarbeidd eit system for tydelegare og betre prioritering av innrapporterte hendingar som kan føre til dårleg fiskevelferd. Mattilsynet vil framleis prioritere rettleiing og vil vidareutvikle tilsynet i dialog med næringa og fiskehelsepersonell for å bidra til betre fiskehelse og fiskevelferd.
Målet om å fremje helse, kvalitet og forbrukaromsyn
Som ledd i å styrkje rettleiinga til næring og forbrukarar har Mattilsynet i 2022 etablert ei digital innhaldsplattform. Denne bidreg til at Mattilsynet enklare kan utvikle digitale tenester og brukarretta rettleiing i dei kanalane brukarane føretrekkjer, som til dømes andre nettstadar og applikasjonar. Ein intern effekt er at Mattilsynet kan samordne og forenkle rettleiingsarbeidet ved at det blir forvalta på ein stad uavhengig av kanal. Plattforma legg òg til rette for deling av rettleiing med andre etatar og verksemder.
Målet om å vareta miljøvenleg produksjon
Berekraftig matproduksjon er eit viktig mål i arbeidet med å utvikle regelverk på mange av Mattilsynet sine område. Farm to Fork-strategien er blant fleire sentrale strategiar i det grøne skiftet til EU. Målet er å få fortgang i arbeidet med å etablere eit berekraftig, rettferdig, sunt og miljøvenleg matsystem. Som en del av Farm to Fork-strategien er det sett i gang fleire initiativ for å redusere matsvinn. Mykje mat blir kasta som følgje av at datomerkinga har gått ut. Eit av tiltaka som no blir gjennomført, er ei vurdering av reglane for merking av haldbarheit. Arbeidet med ny handlingsplan for berekraftig bruk av plantevernmiddel for perioden 2021–2025 var sentralt i 2021. Handlingsplanen gir ei oversikt over status, og fastset mål og tiltak for å redusere bruken av plantevernmiddel.
Internasjonalt arbeid og regelverksutvikling
Store delar av lovverket på matområdet fell innunder EØS-avtalen og skal direkte implementerast i norsk rett. Det er ei stadig utvikling og modernisering av mat- og veterinærregelverket i EU, og ei utvikling i retning av store regelverkspakkar med sektorovergripande innhald. Mattilsynet bidreg inn i EU sitt regelverksarbeid og varetar norske omsyn. Gjennom året deltok Mattilsynet i 218 møte i EU i samband med utvikling av regelverk. Møta har blitt gjennomført digitalt som følgje av pandemien. Mattilsynet deltok òg i dei tre standardsettande organa (Codex Alimentarius, WOAH, IPPC), EPPO og Nordisk ministerråd.
Marknadstilgang
Noreg eksporterte 3,1 millionar tonn sjømat for 121 mrd kroner i 2021. Dette gjer Noreg til den nest største eksportøren av sjømat i verda. Eksporten av andre animalske varer er liten, men norske avlsprodukt frå storfé og svin er etterspurde i utlandet. Mattilsynet spelar ei viktig rolle for tilgangen til norske varer til marknadar utanfor EØS-området. I 2021 ferda Mattilsynet ut meir enn 77 000 sertifikat for eksport til land utanfor EU/EØS. Det er ein auke på 18 pst. frå året før. 71 000 eller 92 prosent av sertifikata utstedt i 2021 var for sjømatprodukt til land utanfor EØS-området. Mattilsynet har prioritert arbeidet med å effektivisere utferdinga av sertifikata.
Endra import som følgje av Brexit
Det har vore ein auke på over 20 pst. av talet kontrollerte forsendingar som følgje av Brexit. Grensekontrollplikta frå Storbritannia, og dermed endra importmønster for næringa, har ført til eit stort behov for informasjon.
Tilsyn, rettleiing og områdeovervaking
Pandemien har ført til endringar i korleis Mattilsynet jobbar, mellom anna gjennom auka bruk av data og digitale verktøy i kontrollverksemda.
I 2021 har Mattilsynet jobba med fleire tiltak for å bli meir føreseielege og auke kvaliteten i gjennomføringa av tilsynet, i tillegg til å effektivisere og forbetre handsaminga av klagesakene, mellom anna ved å etablere ei eiga klagesakseining.
Mattilsynet overvaker og kartlegg status og utvikling for sjukdom, smittestoff, skadegjerarar, framandstoff og tilsetjingsstoff som kan finnast i matkjeda. Mange av programma følgjer opp EØS krav til dokumentasjon. Mattilsynet tilpassar programma slik at dei skal fange opp det aktuelle risikobiletet av tilstanden i Noreg.
Talet på saker melde til politiet var i 2021 lågare enn i 2020. Totalt 31 straffesaker blei handsama av domstolane mot 35 straffesaker i 2020. Brott på regelverket om dyrevelferd dominerer.
Mattilsynet handterte i alt 274 hendingar i 2021. Av desse hadde 56 høg og 134 middels alvorsgrad. Dei fleste hendingane var innanfor dyrehelse.
Kommunikasjon og rettleiing
Kommunikasjon og rettleiing er av dei viktigaste tiltaka for å oppnå at verksemdene forstår regelverket og gjer rett.
Pandemien har skapt særskilte informasjonsbehov hos verksemder og enkeltpersonar også i 2021. Mattilsynet har rettleia meir og hatt dialog med aktørar i næringsmiddelindustrien, landbruket, sjømatnæringa og produsentar av drikkevatn.
Mattilsynet er med på å drifte Matvaretabellen og Kosthaldsplanleggjaren. Desse tenestene er mykje brukt av forbrukarane, undervisningsinstitusjonar og næringsutøvarar. Matindustrien brukar særleg Matvaretabellen i samband med næringsdeklarasjonar.
Budsjettframlegg 2023
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 1 457,8 mill. kroner. Løyvinga skal dekkje driftsutgiftene til Mattilsynet. Løyvinga er redusert med 4,2 mill. kroner som følgje av endra jobbreisevanar etter pandemien. Departementet gjer òg framlegg om ei meirinntektsfullmakt mellom kap. 1115, post 01 og kap. 4115, post 02, jf. vedtak II.
Regelverksutvikling og internasjonalt arbeid
Regelverket på matområdet er i stor grad harmonisert over landegrensene. Codex Alimentarius Commission, WOAH og IPPC legg viktige premissar for regelverksutviklinga internasjonalt. Som følgje av EØS-avtalen blir grunnlaget for det norske regelverket hovudsakleg utvikla i EU. Nærare 90 pst. av alle nye forskrifter og forskriftsendringar på Mattilsynet sitt ansvarsområde er knytt til oppfølging av EØS-avtalen. Mattilsynet vil følgje aktivt med i dei sentrale delane av arbeidet i desse organisasjonane.
Helse- og omsorgsdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet og Landbruks- og matdepartementet legg vekt på samordna og godt førebudd deltaking i internasjonale forum. I det internasjonale regelverksarbeidet er det viktig med tidleg og god dialog med relevante interessentar. Mattilsynet vil ta aktivt del i arbeidet i EU med å utvikle nytt regelverk i samsvar med norske synspunkt og vil prioritere regelverksområde der Noreg kan ha særlege interesser. Oppfølging av EU sin «Farm to Fork»-strategi for eit sunt, berekraftig og rettferdig matsystem, vil stå sentralt i EU sitt arbeid på matområdet framover.
Mattilsynet skal òg bidra til å følgje opp dei internasjonale pliktene til rett tid, slik at gjennomføringa i norsk rett skjer på ein mest mogleg formålstenleg og brukarvenleg måte.
Regjeringa legg vekt på forenkling for næringsaktørane der det let seg gjere utan at det går ut over dei omsyna og måla som Mattilsynet har for sitt arbeid.
Mattilsynet vil framleis prioritere arbeid med å modernisere plantehelseregelverket.
Rettleiing, kontroll og områdeovervaking
Regelverket for offentleg kontroll krev at det skal vere eit effektivt, einskapleg og heilskapleg tilsyn. Tilsynet skal vere risikobasert og skje på det leddet i matproduksjonskjeda der verknaden er størst. Dette krev god kunnskap om tilstanden på dei ulike områda. Nasjonale kontrollplanar skal liggje til grunn for prioritering og rapportering. Mattilsynet vil halde fram arbeidet for å sikre god kvalitet på tilsynsarbeidet.
God kjennskap til regelverket er viktig for å kunne etterleve det. Mattilsynet vil halde fram arbeidet med å styrkje dialogen med næringane og forbrukarane med meir og betre rettleiing. Dette inneber betre rettleiing om kva for reglar som gjeld, korleis regelverket blir tolka, og kva Mattilsynet vil ha særskild merksemd på ved tilsyn.
Nærleik til verksemdene og god kunnskap om lokale forhold og aktuell risiko skal sikre eit effektivt, målretta og godt synleg tilsyn. Mattilsynet vil vere løysingsorientert i møte med verksemdene, samstundes som ein praktiserer mest mogleg lik handsaming av verksemdene ved rettleiing, tilsyn og kontroll. Det er verksemdene sjølve som har ansvaret for å kjenne til regelverket og finne løysingar som gjer at dei etterlever det. Mattilsynet fører kontroll med at regelverket blir etterlevd.
Aktørane i matkjeda, inklusiv drikkevassområdet, treng digitale tenester for rapportering og tilgang til data som bidreg til auka effektivitet både for verksemdene og Mattilsynet og dermed auka verdiskaping i næringa og i samfunnet. Ein betre digital dialog med aktørane i matkjeda vil føre til at desse får betre tenester ved deling av data. Mattilsynet kan med dette òg målrette og effektivisere den offentlege kontrollen, mellom anna på drikkevass- og dyrevelferdsområdet.
Mattilsynet legg vekt på å ha effektive og målretta inspeksjonar med færre kontrollpunkt. Slike tilsyn kan vere ein del av den faste tilsynsrutinen eller danne grunnlag for utvikling av store og små tilsynskampanjar. Smilefjestilsynet i serveringsverksemder er eit døme på dette.
Mattilsynet forvaltar òg regelverk som ikkje er direkte knytt til risiko for helsa til folk, dyr eller planter, til dømes at merking av mat ikkje villeier forbrukarane. Også på desse områda er det viktig med målretta og effektivt tilsyn.
Mattilsynet vil innrette arbeidet med kartlegging og overvaking slik at arbeidet blir målretta og kostnadseffektivt. Overvakings- og kontrollprogram som følgjer av internasjonale avtalar eller norske tilleggsgarantiar, vil ha prioritet. Så langt det let seg gjere vil programma bli tilpassa slik at dei skal fange opp det aktuelle risikobiletet i Noreg.
Mattilsynet vil arbeide vidare for å motverke matsvindel nasjonalt og internasjonalt. Arbeidet er prioritert i EU.
Målet om å sikre helsemessig trygg mat og trygt drikkevatn
Arbeidet med å etterleve regelverket og halde oppe gode hygieniske forhold i alle verksemder i matproduksjonskjeda krev at verksemdene har kontinuerleg merksemd i tillegg til aktivt og målretta arbeid frå Mattilsynet.
Regelverket om hygiene og kontroll legg vekt på at verksemdene sjølve har ansvaret for å etterleve krava og ha naudsynte system, rutinar og tiltak som sikrar mattryggleiken i heile matproduksjonskjeda frå og med primærproduksjon til og med omsetnad til forbrukarane. Dette gjeld òg ved import.
Mattilsynet skal ha særskild merksemd på at dei særlege garantiane som Noreg har i EØS-avtalen når det gjeld salmonella i sendingar til Noreg av ulike slag kjøtt og egg, blir følgde opp på rett vis av dei verksemdene som driv internasjonal handel med slike matvarer.
Mattilsynet vil halde fram med å utvikle nytt regelverk og nye tilsynsmetodar som kan bidra til tryggare forhold ved import og omsetnad av kosttilskott.
Tilsyn med at vassforsyningsverksemdene og kommunane følgjer opp krava i drikkevassforskrifta, er viktig for å sikre trygg vassforsyning til innbyggjarane. Mattilsynet skal bidra til arbeidet med revisjon av dei nasjonale måla for vatn og helse og utarbeidinga av ein tverssektoriell gjennomføringsplan for å nå måla. Mattilsynet skal dessutan delta i arbeidet med rullering av vassforvaltningsplanane med sikte på at nasjonale føringar på drikkevassområdet blir følgde opp.
Målet om å fremje god helse hos planter, landdyr og fisk
God plante-, landdyr- og fiskehelse er viktige føresetnader for produksjon av trygg mat og for verdiskaping i næringane. Det er viktig å ha gode tiltak og rutinar hos næringsaktørane for å førebyggje introduksjon og spreiing av sjukdom og skadegjerarar.
Mattilsynet vil arbeide for at helsetilstanden hos planter, landdyr og fisk skal vere god. Førebyggjande tiltak og god beredskap mot dei mest frykta planteskadegjerarane og smittsame sjukdommane hos landdyr og fisk er viktig. Dette er òg viktig for å hindre utbrott av dyresjukdommar som òg kan gi sjukdom hos menneske (zoonosar).
Det er viktig å overvake og halde fram med tiltak som held antibiotikaresistensen i norsk husdyrhald og havbruk på eit lågt nivå. Mattilsynet vil ha ei rolle i arbeidet med revidert strategi og handlingsplan mot antibiotikaresistens. Mattilsynet vil vidare følgje opp arbeidet knytt til antibiotikaresistens i internasjonale forum.
Mattilsynet vil prioritere arbeidet mot skrantesjuke. Viktige oppgåver er å kartleggje utbreiinga, leggje til rette for å etablere ein ny villreinflokk i Nordfjella, følgje opp vedteke handsaming av klassisk skrantesjuke på Hardangervidda og bidra til å utforme den langsiktige forvaltninga av skrantesjuke. Tiltaka har stor verdi for å hindre spreiing av smitte til ville hjortedyr og tamrein, og er viktige for å kunne ta vare på næringsgrunnlaget til dei som utøver reindrift. God dokumentasjon av tilstanden i Noreg er viktig.
Mattilsynet vil framleis prioritere å følgje opp handlingsplanen mot villsvin i Noreg.
Mattilsynet vil framleis prioritere arbeidet med fiskehelse, mellom anna gjennom arbeidet for å redusere førekomsten av lakselus og kampen mot sjukdommane PD og ILA. Mattilsynet vil følgje opp den vidare tilsynsinnsatsen knytt til dei strengare miljøkrava ved produksjon i havbruksnæringa.
Målet om å fremje god dyrevelferd og respekt for dyr
Mattilsynet vil leggje vekt på tilsyn med dyrevelferd. Mattilsynet vil utnytte verkemidla i dyrevelferdslova for å fremje god dyrevelferd.
Mattilsynet samarbeider med politiet om ordninga med dyrepoliti i alle dei tolv politidistrikta i landet. Målet er best mogleg handsaming av saker som gjeld alvorleg vanrøkt og overgrep mot dyr, slik at alvorleg kriminalitet mot dyr fører til ei eventuell straffesak og domfelling.
Mattilsynet vil framleis ha merksemd på risikobasert tilsyn med dyrevelferd hos gris i heile landet. Svinehald i næring er omfatta av obligatorisk dyrevelferdsprogram for svin. Programmet inneber eit tettare samarbeid mellom produsentar og veterinærar for å sikre god dyrevelferd, og gode rutinar og dokumentasjon av dyrehaldet.
Mattilsynet vil føre vidare den gode samhandlinga med miljøstyresmaktene ved tap på grunn av rovvilt, jf. rovviltforliket i Stortinget i 2011 og Meld. St. 21 (2015–2016) Ulv i norsk natur.
Mattilsynet vil prioritere arbeidet med fiskevelferd, spesielt i samband med tap i oppdrettsnæringa. Mattilsynet vil òg ha merksemd på å halde oppe god fiskevelferd når oppdrettarar tek i bruk nye behandlingsmetodar og produksjonsformer.
Målet om å fremje helse, kvalitet og forbrukaromsyn
Mattilsynet vil arbeide for at mat, drikkevatn og innsatsvarer har rett kvalitet og rett innhald, og at regelverket om merking og heiderleg omsetnad blir følgt. Regelverket om merking av mat skal sikre at forbrukarane har tilgang til rett informasjon om eigenskapane til maten.
Mattilsynet har òg viktige oppgåver i ernæringsarbeidet, særleg for tilsyn med merking, blant anna ernærings- og helsepåstandar og frivillig sunnheitsmerking (Nøkkelhòlet) og arbeid med Matvaretabellen. Nasjonal handlingsplan for bedre kosthold (2017–2021) som er forlenga til 2023, har tiltak på ansvarsområda til sju departement. Helsedirektoratet koordinerer arbeidet med oppfølginga av planen. Mattilsynet har ansvar for å følgje opp enkelte tiltak i handlingsplanen, mellom anna for trygg mat, merking av matvarer og oversikt over næringsinnhaldet i matvarer.
Mattilsynet vil føre vidare overvakinga av genmodifisert materiale i både fôr og næringsmiddel. Sporforureining av genmodifisert materiale synest å vere størst i fôrvarer.
Mattilsynet vil medverke i oppfølginga av den nasjonale strategien for økologisk landbruk på relevante område.
Målet om å vareta miljøvenleg produksjon
Mattilsynet vil bidra til at formålet i matlova om å vareta miljøvenleg produksjon blir oppfylt. Kvaliteten på og bruken av innsatsvarer som såvarer, gjødsel, plantevernmiddel og fôrvarer er avgjerande for ein miljøvenleg produksjon og verkar òg inn på mattryggleiken og kvaliteten på maten.
Arbeidet for å redusere bruken av og risikoen ved bruk av plantevernmiddel vil bli ført vidare med utgangspunkt i gjeldande Handlingsplan for bærekraftig bruk av plantevernmidler. Mattilsynet vil følgje opp aktuelle tiltak relatert til planen og følgje utviklinga av regelverket i EU tett.
Marknadstilgang
Mattilsynet vil bidra i arbeidet med å leggje til rette for marknadstilgang for norske produkt. Godt samarbeid med matstyresmakter i andre land er avgjerande for å betre marknadstilgangen.
Dei seinare åra har det vore ein auke i krava til dokumentasjon på at norsk sjømat er trygg og har rett kvalitet. For Noreg, som stor eksportør av sjømat, er det avgjerande å kunne dokumentere mattryggleik, dyrehelse og kvalitet gjennom heile produksjonskjeda.
Mattilsynet utferdar årleg 70–80 000 helsesertifikat. Majoriteten av sertifikata som Mattilsynet utferdar, gjeld eksport av sjømat. Nye krav frå Storbritannia ved import dit er planlagt innført i 2023. Dette vil bidra til at talet på helsesertifikat i sjømathandelen auker vesentleg. Mateksportforskrifta som trådde i kraft i 2020, samla krav og retningsliner for eksport av mat på ein plass, og medverka til eit meir føreseieleg og effektivt system for eksportsertifikat. Mattilsynet vil arbeide vidare med andre moglege tiltak for å effektivisere sertifikatarbeidet slik at utferdinga på norsk side i så liten grad som mogleg skaper hinder for eksporten. Overgang til digitalisering har starta og arbeidet blir vidareført i 2023.
Andre område
Dyrehelsepersonell
Mattilsynet forvaltar lovgivinga som skal sikre forsvarleg yrkesutøving hos dyrehelsepersonell, og vil leggje vekt på at dyrehelsepersonell driv forsvarleg verksemd, særleg i samband med utlevering og bruk av antibiotika. Registeret over bruken av legemiddel til dyr (VetReg) er eit viktig verkemiddel i overvakinga av bruken av antibiotika til dyr og korleis dyrehelsepersonell føreskriv medisin.
Kosmetikk
Mattilsynet vil føre tilsyn og følgje opp arbeidet med å utvikle regelverket som skal sikre at kosmetikk og kroppspleieprodukt er helsemessig trygge for menneske og dyr. Det pågår fleire prosessar med endringar av kosmetikklova og Mattilsynet vil bidra i desse prosessane der det er naudsynt. Mattilsynet vil samarbeide med Folkehelseinstituttet om å overvake helseskadelege biverknader ved bruk av kosmetikk og kroppspleieprodukt.
Post 22 Reguleringspremie til kommunale og fylkeskommunale pensjonskasser
Utgiftene i 2021 blei 17,3 mill. kroner. Departementet gjer framlegg om ei løyving på 13,2 mill. kroner i 2023. Løyvinga skal dekkje utgiftene for Mattilsynet til reguleringspremie til kommunale og fylkeskommunale pensjonskassar.
Post 71 Tilskott til erstatningar, overslagsløyving
Utgiftene i 2021 blei 3,3 mill. kroner. Departementet gjer framlegg om ei løyving på 14,2 mill. kroner i 2023. På posten vil det bli ført utbetalingar til personar som har gitt naudhjelp til dyr etter dyrevelferdslova § 4 om hjelpeplikt, og til veterinærar som har ytt naudhjelp til dyr etter dyrehelsepersonellova § 14 om naudhjelp. På posten vil det òg bli ført utbetalingar for tiltak som er sette i verk av Mattilsynet i medhald av matlova, dyrehelsepersonellova og dyrevelferdslova i dei tilfella der kostnaden ikkje kan drivast inn frå ein eigar.
Om lag fire pst. av dei fordrivne menneska frå Ukraina har med seg kjæledyr til Noreg. Desse dyra vil sjeldan oppfylle vilkåra for innførsel. Ukraina har ein dårlegare dyrehelsestatus enn Noreg, særskilt når det gjeld rabies. Avhengig av status for det enkelte dyret frå Ukraina, kan det vere aktuelt med parasittbehandling, vaksinasjon, identitetsmerking med mikro-chips og karanteneopphald. Ordninga med at staten dekkjer utgifter ved naudsynte tiltak knytt til innførsel av kjæledyr som kjem i følgje med fordrivne mennesker frå Ukraina til Noreg, blir vidareført i 2023.
Kap. 4115 Mattilsynet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
01 | Gebyr m.m. | 191 448 | 202 465 | 206 109 |
02 | Driftsinntekter og refusjonar m.m. | 12 438 | 6 177 | 6 288 |
Sum kap. 4115 | 203 885 | 208 642 | 212 397 |
Post 01 Gebyr m.m.
Inntektene i 2021 blei 191,4 mill. kroner. Departementet gjer framlegg om ei løyving på 206,1 mill. kroner i 2023.
På posten blir det ført inntekter frå gebyr for særskilde ytingar som Mattilsynet gjer for konkrete brukarar, og gebyr for visse tilsyns- og kontrolloppgåver der desse eintydig rettar seg mot konkrete brukarar.
Ved budsjetteringa er det lagt til grunn ordinær prisjustering av gebyrsatsane.
Post 02 Driftsinntekter og refusjonar m.m.
Inntektene i 2021 blei 12,4 mill. kroner. Departementet gjer framlegg om ei løyving på 6,3 mill. kroner i 2023.
På posten blir det mellom anna ført diverse driftsinntekter frå oppgåver som Mattilsynet gjer for anna forvaltning, til dømes for tilsyn med omsetnad av reseptfrie legemiddel utanom apotek, og oppgåver knytte til miljøretta helsevern for kommunane. Her vil det òg bli ført inntekter frå gebyr for særskilde ytingar som Mattilsynet av omsyn til næringsutøvarane yter utanom ordinær arbeidstid.
Programkategori 15.20 Forsking, innovasjon og kunnskapsutvikling
Utgifter under programkategori 15.20 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 | Endring i pst. |
1136 | Norsk institutt for bioøkonomi | 239 472 | 249 327 | 253 743 | 1,8 |
1137 | Forsking og innovasjon | 626 985 | 589 336 | 587 505 | -0,3 |
Sum kategori 15.20 | 866 457 | 838 663 | 841 248 | 0,3 |
Inntekter under programkategori 15.20 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 | Endring i pst. |
4136 | Norsk institutt for bioøkonomi | 19 052 | 19 446 | 19 915 | 2,4 |
Sum kategori 15.20 | 19 052 | 19 446 | 19 915 | 2,4 |
Mål og strategiar
Forsking, innovasjon og kompetanse skal bidra til å nå dei landbruks- og matpolitiske hovudmåla; matsikkerheit og beredskap, landbruk over heile landet, auka verdiskaping og berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar. For å nå måla og leggje til rette for ei forskingsbasert forvaltning, legg departementet vekt på målretta bruk av midlar til forsking og innovasjon, at kunnskap og kompetanse er tilgjengeleg for næring og forvaltning, og ein effektiv og sterk instituttsektor i samspel med andre. I tillegg er ei tett kopling mellom forsking og næringsliv sentralt for effektiv og berekraftig utnytting av dei mange fornybare biologiske ressursane som finst i Noreg.
Regjeringa legg fram ein ny langtidsplan samtidig med årets budsjettproposisjon: Meld. St. 5 (2022–2023) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning (2023–2032). Det er stor kontinuitet i måla og prioriteringane mellom den nye planen og den førre, men òg nokre viktige endringar for å løfte fram berekraft, helse, samfunnssikkerheit og tillit på ein tydelegare måte. Dei tre måla er:
styrkt konkurransekraft og innovasjonsevne
miljømessig, sosial og økonomisk berekraft
høg kvalitet og tilgjenge i forsking og høgare utdanning
I tillegg til måla har regjeringa seks prioriterte område:
hav og kyst
helse
klima, miljø og energi
mogleggjerande og industrielle teknologiar
samfunnssikkerheit og beredskap
tillit og fellesskap
Planen lanserer samfunnsoppdrag som eit nytt verkemiddel for å finne løysingar på definerte problem innan ei viss tidsramme. Planen tek også for seg temaet tillit til forskingsbasert kunnskap og akademisk fridom, og varslar ei stortingsmelding om forskingssystemet. Nærare omtale er å finne i del III, kap. 5 i Prop. 1 S (2022–2023) for Kunnskapsdepartementet.
Målretta bruk av midlar til forsking og innovasjon
Landbruks- og matforskinga gir viktige bidrag til å nå måla i langtidsplanen gjennom å leggje til rette for ein berekraftig og kunnskapsbasert landbruks- og matsektor, matsikkerheit, auka verdiskaping, betre ressursutnytting og nye grøne arbeidsplassar.
Ny kunnskap skal bidra til nok og trygg mat produsert på norske ressursar og auka sjølvforsyningsgrad av norske jordbruksvarer. Samstundes skal klimagassutsleppa frå jordbruket reduserast, opptak av karbon auke og miljøet tas omsyn til. For å lukkast med dette er det naudsynt å tilpasse produksjonen til eit endra klima, sørgje for effektiv og berekraftig utnytting av tilgjengelege ressursar, og ta ut potensialet for produksjon over heile landet. Dette set krav til kunnskap og teknologiutvikling som bidreg til auka produktivitet og best mogleg utnytting av tilgjengelege ressursar, inkludert kunnskap innan agronomi og korleis matproduksjonen blir påverka av og best kan tilpassast til eit endra klima. For å utnytte det norske ressursgrunnlaget fullt ut, er det avgjerande med nye og forbetra produksjonsmetodar og kunnskap som gjer det mogleg å tilpasse produksjonen til regionale forhold.
Den komplekse samanhengen mellom matproduksjon, miljø og klima, og korleis desse gjensidig påverkar kvarandre, set krav til ei heilskapleg tilnærming. Ny kunnskap skal bidra til å nå måla om reduserte klimagassutslepp frå landbruket i tråd klimaavtalen mellom staten og jordbruket frå 2019 og Meld. St. 13 (2020–2021) Klimaplan for 2021–2030. I tillegg er det behov for kunnskap om berekraftig bruk av areal, der omsyn til miljø og klima blir balansert mot omsyn til næringsutvikling. I jordvernstrategien frå 2021 er det sett konkrete mål for å redusere nedbygging av matjord. For å nå måla må vern av dyrka jord bli kombinert med kunnskap som fremjar best mogleg utnytting av tilgjengeleg areal. I Meld. St. 40 (2020–2021) Mål med mening – Norges handlingsplan for å nå bærekraftsmålene innen 2030 blir det vist til behov for kunnskap for å styrkje arbeidet med jordkvalitet, jordhelse og berekraftig bruk av jordbruksareal. Rapporten Nasjonalt program for jordhelse frå 2020 viser kor viktig det er med auka kunnskap om god jordhelse for å halde ved lag produksjonsevna i jordbruket over tid og for å ta hand om vatn, karbon, næringsstoff og jordliv, som er viktig for å sikre eit berekraftig jordbruk. Nasjonal forskingsinnsats på dette området må sjåast i samanheng med EU sitt samfunnsoppdrag på jordhelse.
Kunnskap er berebjelken i bioøkonomien der dei mange fornybare biologiske ressursane frå jord, skog og hav blir produserte og utnytta meir berekraftig og effektivt. I tråd med bioøkonomistrategien frå 2016, skal forskingsinnsatsen innan bioøkonomi bidra til auka verdiskaping i biobaserte næringar gjennom ei marknadsorientert og berekraftig utnytting av bioressursane på tvers av sektorar og næringar. Bioøkonomien er òg sentral i overgang til ein meir sirkulær økonomi der dei fornybare bioressursane skal utnyttast betre i sirkulære krinsløp, og kan bidra til å redusere bruken av, eller erstatte, ressursar med større klima- og miljøbelastning. Både den nasjonale strategien for sirkulærøkonomi frå 2021 og regjeringa sitt Veikart for grønt industriløft (2022), der skog- og trenæringa og anna bioøkonomi er eit av innsatsområda, peikar på moglegheiter og kunnskapsbehov knytt til auka foredling og meir effektiv bruk av våre mange fornybare ressursar.
Ein viktig føresetnad for ein sirkulær bioøkonomi er at auka bruk av ulike restråstoff og avfallsprodukt er trygt for folk, dyr og miljø, til dømes ved spreiing av miljøgifter, smittestoff og andre farlege stoff. Sjølv om Noreg er i ei særstilling med generelt god plante- og dyrehelse og lite bruk av medisinar og kjemikaliar, er det naudsynt å utvikle teknologiske løysingar og metodikk for å kartleggje og fjerne uønskte stoff i biologiske produkt og restråstoff. I tillegg til kunnskap som held ved lag den gode plante- og dyrehelsa i Noreg, vil ei kunnskapsbasert utvikling av regelverk vere viktig for trygg og effektiv bruk og gjenbruk av ulike biologiske ressursar og restråstoff.
Koronapandemien har synleggjort konsekvensane av sjukdommar som kan overførast mellom dyr og menneske. I handlingsplanen for å nå berekraftsmåla blir det vist til verdien av kunnskap om samanhengen mellom plantehelse, dyrehelse, folkehelse og miljø (Éi-helse), og eit behov for tverrsektoriell forskingsinnsats for å oppnå god folkehelse og rettferdige, sunne og berekraftige matsystem. Ei slik tverrfagleg og heilskapleg tilnærming må òg leggjast til grunn i innsatsen mot antimikrobiell resistens (AMR), som er ein av dei største trugslane for global helse, matsikkerheit og moderne medisin. Regjeringa legg vekt på å halde ved lag innsatsen mot antibiotikaresistens i tråd med den nasjonale strategien mot antibiotikaresistens frå 2015. Den tverrsektorielle strategien vil bli ført vidare i ein ny strategi, og det vil også bli utarbeidd ein ny Handlingsplan mot antibiotikaresistens innanfor Landbruks- og matdepartementet sitt sektoransvar.
Utfordringane og kunnskapsbehova landbruks- og matsektoren står overfor er i stor grad dei same som i andre land, både i Europa og elles, og krigen i Ukraina har synleggjort behovet for kunnskap om risikohandtering og meir robuste handelssystem. Noreg har gode føresetnadar for å bidra til ein global kunnskapsdugnad på område som berekraftig matproduksjon, klimarobuste produksjonsmetodar, mattryggleik og dyrehelse. Norsk deltaking i internasjonal forsking på landbruks- og matområdet vil dessutan bidra til å heve kvaliteten på forskinga og det gir norske forskingsmiljø og bedrifter betre tilgang til nettverk og infrastruktur. Regjeringa legg stor vekt på internasjonalt forskingssamarbeid og har høge ambisjonar når det gjeld norsk deltaking i EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, Horisont Europa. I Strategi for norsk deltakelse i Horisont Europa og Det europeiske forskningsområdet (2021), går det fram at ambisjonar om auka norsk deltaking vil krevje omfattande mobilisering og eit godt samspel mellom nasjonale og europeiske forskingsmidlar. I tillegg legg Strategi for forsknings- og høyere utdanningssamarbeid med Brasil, Canada, India, Japan, Kina, Russland, Sør-Afrika, Sør-Korea og USA (2021–2027), Panoramastrategien, eit viktig grunnlag for meir målretta og langsiktig forskingssamarbeid på landbruks- og matområdet.
Forskingsinnsatsen på landbruks- og matområdet må òg sjåast i samanheng med tidlegare framlagte strategiar og tiltaksplanar av relevans for næringa, mellom anna Skog- og trenæringa – ein drivar for grøn omstilling (2019), Nasjonal pollinatorstrategi (2018) og tiltaksplan for pollinerande insekt (2021), Nasjonal strategi for urbant landbruk (2021), Nasjonal strategi for økologisk jordbruk (2018–2030) og Nasjonal strategi for bevaring og berekraftig bruk av genetiske ressurser for mat og landbruk (2019).
Kunnskap og kompetanse er tilgjengeleg for næring og forvaltning
Eit gjennomgåande bodskap i den nye langtidsplanen for forsking og høgare utdanning er at kunnskapen må takast i bruk. Ny kunnskap, teknologi og innovative løysingar har liten nytte om det ikkje blir gjort tilgjengeleg og tekne i bruk av næring og forvaltning. Dette set krav til godt samarbeid, gode rådgivingstenester og eit utdanningstilbod som sikrar høg kompetanse i alle ledd. For at kunnskapen skal nå ut til næringsaktørar, rådgivarar og samfunnet elles, må resultata frå landbruks- og matforskinga raskt og effektivt formidlast.
Landbruks- og matsektoren har lange tradisjonar for samarbeid mellom styresmakter, næringsaktørar og kunnskapsmiljø om kunnskapsutvikling og forskings- og utviklingsarbeid. Det gjer at sektoren har eit godt utgangspunkt for at relevant og ny kunnskap kjem til nytte.
I tillegg til forsking og kunnskap som bidreg til auka berekraft og verdiskaping i næringa, må forskingsbasert kunnskap liggje til grunn for politikkutvikling og forvaltning. Ei målretta politikkutforming for landbruks- og matsektoren krev kontinuerleg tilgang på oppdatert kunnskap. Samfunnsvitskapleg forsking på landbruks- og matområdet gir viktige bidrag om rolla til landbruket, lokal og regional utvikling og kunnskap om korleis ulike drivkrefter påverkar utviklinga i landbruket. Det same gjeld forholdet mellom landbruket og samfunnet elles. Samfunnsvitskapleg forsking er òg viktig for auka kunnskap om samspelet mellom politikk, forvaltning og næring.
Primærlandbruket og industrien som foredlar mat og fiber, er høgteknologisk og kunnskapskrevjande. Det er difor viktig med høg kompetanse hos næringsutøvarar, rådgivarar og utdanningsinstitusjonar. Regjeringa har ambisjon om å gjennomgå og betre landbruksutdanningane på alle nivå, og er difor oppteken av at det blir etablert gode samarbeidsarenaer for dei ulike aktørane i næringa og hos relevante utdanningsinstitusjonar, frå vidaregåande skule, til fagskule, høgskule og universitet. Departementet følgjer òg nøye med på rekruttering til dei ulike fagtilboda og utviklinga av desse.
God rekruttering til landbruks- og matfagleg utdanning på alle nivå frå vidaregåande skule til master- og doktorgradsutdanning, er viktig for å få kompetent arbeidskraft til eit framtidsretta landbruk. I tillegg til tilbod gjennom det ordinære utdanningssystemet bør det òg leggjast til rette for livslang læring, mellom anna gjennom fleksible etter- og vidareutdanningstilbod. Det gjeld både for dei som er i næringa, og dei som ønskjer å gå inn i næringa. Dette er vaksenagronomordninga, finansiert over jordbruksavtalen, eit godt døme på.
Rekruttering av rett og god kompetanse er viktig i heile verdikjeda for mat, som omfattar mellom anna matindustrien, institusjonar, restaurantar, lokalmat og reiseliv. Dei siste åra har det vore ein nedgang i rekrutteringa til matfaga i vidaregåande skule. Samstundes står matindustrien overfor eit utfordrande generasjonsskifte, og det er stor etterspurnad etter kokkar mange stader.
Ein effektiv instituttsektor i samspel med andre
Instituttsektoren skal utvikle kunnskapsgrunnlag for politikkutforming og bidra til berekraftig utvikling og omstilling gjennom forsking av høg kvalitet og relevans. Dei statlege forskingsinstitutta i landbruks- og matsektoren må vere kostnadseffektive og bruke ressursane på dei kunnskapsbehova som er strategisk viktige for norsk landbruk framover. I den samanheng er det viktig å ha god dialog med både næring og forvaltning om prioriteringar.
Institutta må arbeide for å oppnå forsking av høg kvalitet og relevans, eit godt omdøme og høg konkurransekraft. Nasjonale og internasjonale konkurransearenaer, strategiske løyvingar og systematisk oppbygging av kompetanse skal leggje til rette for høg kvalitet i forskingsinstitutta i landbruks- og matsektoren. Departementet er òg oppteke av at sektoren har ei god kopling mellom samfunnsvitskapleg og naturvitskapleg forsking, og eit godt samarbeid med andre relevante forskingsinstitusjonar.
Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) skal kartleggje og ha kunnskap om biologiske ressursar og arbeide for at kunnskapen bidreg til berekraft og næringsutvikling i sektoren. Instituttet si lokalisering på 15 stadar fordelt på alle landsdelar gir eit viktig fortrinn i dette arbeidet.
Etter Riksrevisjonen sin forvaltningsrevisjon av NIBIO har departementet bedt om at instituttet gjennomfører ei eiga evaluering der utgangspunktet er måla som Stortinget la til grunn for samanslåing av dei tre forskingsinstitutta i 2015. Instituttet si vurdering er at verksemda er meir fagleg og økonomisk robust enn dei tre fusjonerte institutta åleine. Det har vore ei effektivisering som har flytta ressursar frå administrasjon og drift til kunnskapsutvikling. Verksemda meiner òg at etableringa av NIBIO har bidrege både til ei større grad av tverrfaglegheit, internt og eksternt, i tillegg til auka samarbeid med universitets- og høgskulesektoren. Det blir konkludert med at verksemda er i god rute med å oppfylle hovudformålet med fusjonen, men at det er moglegheiter for forbetringar på nokre område. Instituttet vil arbeide aktivt framover for å styrkje måloppnåinga ytterlegare.
Veterinærinstituttet (VI) har biomedisinsk kompetanse som må nyttast mest mogleg effektivt for å fremje høg beredskap, god dyrehelse og gode råd til forvaltninga. VI skal òg bidra til næringsutvikling og konkurranseevne, både i blå og grøn sektor.
Departementet har òg eit grunnfinansieringsansvar for Institutt for rural- og regionalforsking (Ruralis). Ruralis forskar mellom anna på bygdeliv, ressursforvaltning, kommunal- og regionalutvikling, samhandling mellom bygd og by og verdikjeda for mat og næringsutvikling.
Kap. 1136 Norsk institutt for bioøkonomi
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
50 | Kunnskapsutvikling, formidling og beredskap | 239 472 | 249 327 | 253 743 |
Sum kap. 1136 | 239 472 | 249 327 | 253 743 |
Post 50 Kunnskapsutvikling, formidling og beredskap
Formål med løyvinga
Løyvinga skal dekkje fagleg aktivitet som bidreg til at Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) når måla som er lagde til grunn for verksemda. NIBIO er det største tverrfaglege forskingsinstituttet innanfor landbruk og miljø i Noreg. Det er organisert som eit statleg forvaltningsorgan med særskild fullmakt. Instituttet arbeider med forsking, forvaltningsstøtte og oppdrag i marknaden. NIBIO skal vere nasjonalt leiande i arbeidet med å utvikle kunnskap om bioøkonomi. Instituttet har hovudkontor på Ås, og har einingar på 15 stadar i alle landsdelar.
NIBIO har følgjande mål:
Hovudmål: Forsking, innovasjon og kompetanse skal bidra til å nå hovudmåla i landbruks- og matpolitikken
Delmål: Målretta bruk av midlar til forsking og innovasjon
Delmål: Kunnskap og kompetanse er tilgjengeleg for næring og forvaltning
Delmål: Ein effektiv instituttsektor i samspel med andre
Løyvinga skal i første rekkje bidra til målet om at Kunnskap og kompetanse er tilgjengeleg for næring og forvaltning. Løyvinga skal nyttast innanfor følgjande faglege innsatsområde: 1) mat- og planteproduksjon, 2) beredskap, plantehelse og mattryggleik, 3) skog og utmark, 4) areal- og genressursar, 5) kart og geodata og 6) føretaks-, nærings- og samfunnsøkonomi.
NIBIO mottek og grunnfinansiering over budsjettet til Landbruks- og matdepartementet, jf. kap. 1137, post 51.
Rapportering 2021
Det blei i 2021 nytta 239,5 mill. kroner i tråd med formålet med løyvinga.
For å halde ved lag og styrkje ein berekraftig norsk planteproduksjon, har NIBIO prøvd ut ei lang rekkje nye sortar og artar. Dette gjeld både jord- og hagebrukssortar, inkludert frukt og bær. Mellom anna har det vore prøvd ut nye artar av korn og frøvekstar tilpassa eit endra klima. Satsinga på planteproduksjon i nord har blitt vidareført, og i 2021 etablerte instituttet senter for arktisk landbruk. Instituttet har vidareført samarbeidet med Nord-norsk Landbruksråd innan ei rekkje FoU-område. Til dømes har det vore satsa på hagebruk og bærdyrking i tillegg til betre utnytting av beiteressursane i landsdelen.
Vidare har NIBIO arbeidd mykje med å utvikle løysingar for betre gjødsling som både er minst mogleg belastande for klima og miljø og som tek omsyn til økonomien til bonden. I 2021 har det vore ei rekkje aktivitetar for å auke kunnskapen om karbonlagring i landbruksjord, mellom anna ved bruk av biokol. Instituttet har òg hatt eit omfattande arbeid med bidrag til å utforme og berekne klimarekneskapen for skog etter EU sitt regelverk.
NIBIO har ei viktig rolle i å bidra til trygg mat. I 2021 blei det analysert om lag 1 200 prøvar av importert og norskprodusert mat med omsyn til restar av plantevernmiddel. Målsetjinga er å ha ein effektiv matvarekontroll og trygg mat som hindrar at grenseverdiane for restar av plantevernmiddel blir overskridne.
Instituttet samarbeider med Mattilsynet om god plantehelse, og det blir gjennomført omfattande rådgiving og formidling til bønder for å sikre eit friskt plantemateriale. Viktige område er òg auka kunnskap for å kjempe mot planteskadegjerarar og ein berekraftig bruk av plantevernmiddel.
NIBIO arbeider kontinuerleg med kompetanseoppbygging innan GMO- og genredigeringsteknologi for å byggje kompetanse om teknologiutvikling og lovregulering nasjonalt og internasjonalt. I 2021 har òg instituttet bidrege til gjennomføring av tiltak i nasjonal strategi for pollinatorar.
NIBIO har ei viktig rolle som det leiande skogforskingsinstituttet i landet. I 2021 har arbeidet med beredskap og overvaking av skogskadar blitt vidareført. Prøveflater med om lag 20 000 tre har blitt kontrollerte. Dataene inngår i Noreg si rapportering til det internasjonale arbeidet knytt til skogen sin tilstand i Europa. Miljøregistreringar i skog og Landsskogtakseringa har blitt ført vidare. Instituttet har hatt ei omfattande formidling av fagstoff og forskingsbasert kunnskap knytt til bruk av tre. Andre viktige innsatsområde har vore auka bruk av bioenergi og kunnskapsutvikling og rådgiving når det gjeld produksjon av joletre. NIBIO har òg engasjert seg aktivt i internasjonalt skogsamarbeid og delteke i ei rekkje internasjonale forum.
I 2021 har instituttet kartlagt og informert om arealressursane i landbruket. Dette bidreg til betre arealforvaltning og ressursutnytting. Det nasjonale arealressurskartet AR5 er halde ved like. Dette skildrar tilstanden for arealressursane knytte til jord- og skogbruk, og blir nytta av mange offentlege og private aktørar i samfunnet, mellom anna til ei effektiv forvaltning av og kontroll av arealtilskott i landbruket. Instituttet tilbyr òg gode digitale brukartenester som Gårdskart, Kilden, Arealressursstatistikk og Arealbarometer. Arealressurskartet AR5 viser jordbruksarealet i Noreg, herunder areal som kan vere aktuelle for andelslandbruk, marknadshagar og andre dyrkingsprosjekt. NIBIO har i dag oversikt over jordbruksareal i og utanfor byar og tettstadar i arealressurskartet. Arealressurskartet er ein del av Geovekst-samarbeidet.
Instituttet driv Overvakingsprogrammet 3Q (Tilstandsovervåking og resultatkontroll i jordbruket sitt kulturlandskap) som er basert på ei nasjonal utvalskartlegging som dokumenterer endringar i arealbruk, kulturminne og kulturmiljø, biologisk mangfald og tilgjengelegheit på eit representativt sett av overvakingsflater. Overvakingsflatene ligg spreidde over heile landet. Programmet inkluderer feltarbeid på eit utval av flater for å registrere mellom anna fuglar, planter, bygningsmiljø og kulturminne, og for å dokumentere landskapet sin utsjånad ved hjelp av fotografi.
Geovekst er eit samarbeid om etablering og vedlikehald av dei mest nøyaktige kartdata i Noreg. Dei sentrale Geovekst-partane er Statens vegvesen, Energiforsyningen, kommunar, Kartverket, Telenor og landbruket. Det omfattar alle kommunane i landet.
Instituttet har òg kartlagt beiteressursar og beitebruk i utmark, utvikla ei ny nettbasert teneste for data frå Organisert beitebruk, ført arealrekneskap for utmark, ferdigstilt rapporten Utmarksbeite – Beitestatistikk, ressursgrunnlag og beitebruk og utført landskaps- og kulturminneovervaking. NIBIO har òg bidrege i Statens kartverks arbeid med å etablere ein digital høgde- og terrengmodell for Noreg.
Gjennom Norsk genressurssenter har NIBIO bidrege til god forvaltning av genetiske ressursar innan husdyr, nytteplantar og skogtre. Instituttet har vidare eit planteregister under utvikling. Dette vil gi oversikt over nasjonale samlingar av bevart plantemateriale. NIBIO har òg rapportert data til internasjonale, europeiske og nordiske samarbeidsorgan som Noreg er medlem av.
NIBIO har vidare ei viktig oppgåve i å skaffe eit landbruksøkonomisk grunnlag for politiske avgjerder. I den samanheng har instituttet vore sekretariat for Budsjettnemnda for jordbruket, og har saman med nemnda utarbeidd grunnlagsmaterialet for jordbruksforhandlingane. I 2021 har instituttet òg oppdatert informasjon om den økonomiske utviklinga i landbruket generelt og for gardsbruk der ein vesentleg del av inntekta kjem frå jord- og skogbruk.
På alle NIBIO sine fagområde har instituttet gjort ein vesentleg innsats for å formidle ny kunnskap til næring og forvaltning. Samla har instituttet vore omtalt i om lag 4600 medieoppslag gjennom året, noko som er ein auke på 9 pst. frå året før.
Budsjettframlegg 2023
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 253,7 mill. kroner. Løyvinga er redusert med 2,5 mill. kroner som følgje av endra jobbreisevanar etter pandemien. Løyvinga skal nyttast til kunnskapsutvikling, formidling og beredskap i NIBIO, og desse områda har særleg prioritet:
Mat og planteproduksjon
Løyvinga skal bidra til utvikling av kunnskap om auka produktivitet, betre kvalitet og lønsam planteproduksjon under ulike dyrkings- og klimaforhold. I dette ligg òg utvikling av kunnskap for å fremje økologisk produksjon. Vidare er det behov for kunnskap som gir redusert bruk og redusert risiko ved bruk av kjemiske plantevernmiddel og meir bruk av alternative metodar til erstatning for plantevernmiddel. Det er behov for kunnskap som styrkjer grunnlaget for godkjenning av plantevernmiddel i Noreg. NIBIO skal utvikle kunnskap som skal bidra til auka bruk av norske fôrressursar. Løyvinga skal òg bidra til å få fram effektive verkemiddel frå forvaltninga si side slik at dei politiske måla for norsk jord- og skogbruk, inkludert miljø- og klimapolitiske mål, blir nådde.
Beredskap, plantehelse og mattryggleik
NIBIO skal prioritere kunnskap om planteskadegjerarar og ha beredskap for å kunne handtere sjukdommar og skadeorganismar som trugar den gode plantehelsa i Noreg. Løyvinga skal bidra til beredskap og kompetanse om verkemåtar og verknader av ulike plantevernmiddel og andre innhaldsstoff i plantar som potensielt er skadelege. Som nasjonalt referanselaboratorium skal NIBIO ha kapasitet til å utføre analysar for restar av plantevernmiddel og for planteskadegjerarar.
Skog og utmark
Landsskogtakseringa, som gir oversikt over skogressursane i Noreg, skal framleis ha høg prioritet. Det same gjeld FoU-arbeid knytt til miljøregistreringar i skog, utvikling av skogbruksplanlegginga og kunnskap om pollinerande insekt i skog.
Arbeidet med å utvikle kartløysinga Skogportalen vil bli ført vidare. Kartløysinga gir ressurs- og miljøinformasjon for næring og forvaltning, og står sentralt i den kunnskapsbaserte skogforvaltninga. NIBIO har òg i oppgåve å halde dokumentet Bærekraftig skogbruk i Norge oppdatert.
Langsiktige feltforsøk på viktige norske treslag skal framleis prioriterast. Feltforsøka er viktige for historisk dokumentasjon av skogutviklinga, og bidreg til eit berekraftig skogbruk og gir kunnskap om rolla skogen har i klimapolitikken. Det er framleis naudsynt å etablere nye langsiktige forsøksfelt for skogproduksjonsforsking. NIBIO skal òg delta i internasjonalt samarbeid om skog og ha ansvaret for rapportering på området.
NIBIO skal halde fram med å utvikle kunnskap om klimaendringar og klimatilpassingar innanfor skogbruk, jordbruk og arealbruk. Kunnskapen skal gi grunnlag for å utvikle effektive tiltak og verkemiddel for å redusere klimagassutslepp, og vise økonomiske konsekvensar av tiltaka. NIBIO skal bidra til klimarapportering og utrekningar knytte til klimarammeverket for skog- og arealsektoren i avtalen med EU.
Høg beredskap er viktig for å oppdage skadar på skog i ein tidleg fase, både for å hindre at nye skadegjerande soppar og insekt etablerer seg i Noreg, og for å finne tiltak mot spreiing av dei som allereie har etablert seg. NIBIO skal òg bidra med relevant kunnskap til beredskapsarbeidet i skogbruket, til dømes kunnskap som er til nytte ved skogbrannberedskap og skadekartlegging og opprydding etter storm.
Arbeidet knytt til berekraftig forvaltning og bruk av utmarksressursar og næringsutvikling skal førast vidare. Tiltak som byggjer opp under departementet sitt arbeid med haustbare viltressursar, turisme og lokalmatsatsing er ein viktig del av dette.
Areal- og genressursar
Løyvinga skal nyttast til vedlikehald av det nasjonale arealressurskartet AR5, Landsskogtakseringa, Arealrekneskapen for utmark og reindrifta sine arealbrukskart. I dette arbeidet inngår mellom anna kartlegging av jordsmonn, eit internasjonalt forankra overvakingsopplegg for skogskadar og vegetasjonskartlegging for å betre utnyttinga av beiteressursane. Vidare inngår systematisk overvaking av miljøverdiar i kulturlandskapet, under dette mellom anna biologisk mangfald, kulturminne og auka tverrsektorielt samarbeid om insektovervaking. NIBIO vil òg få i oppgåve å føre vidare arbeidet med statistikk om utmarks- og landbrukseigedommar, til dømes ved å knyte data frå organisert beitebruk, vegetasjonskart og arealrekneskap for utmark til eigedommane.
For norsk landbruk er det viktig at produsentane i framtida har eit tilstrekkeleg genetisk mangfald å hauste av når mat og andre landbruksprodukt skal produserast. I den samanhengen skal NIBIO bidra med kunnskap for ei effektiv forvaltning av dei genetiske ressursane i landbruket og følgje opp den nye nasjonale strategien for genressursar. NIBIO skal overvake statusen til nasjonale genressursar og rapportere i saker som gjeld desse, nasjonalt, nordisk og internasjonalt. Prioriterte oppgåver i 2023 vil vere ferdigstilling av planteregisteret og iverksetjing av ein nasjonal tiltaksplan for bevaring og berekraftig bruk av genressursar for mat og landbruk.
Kart og geodata
NIBIO skal utvikle nettbaserte kart- og geodatatenester ut frå behova til ei rekkje aktørar i samfunnet, både i og utanfor sektoren. Ny statistikk og nye temakart vil bli utvikla i tråd med behova. Instituttet skal mellom anna støtte Mattilsynet i arbeidet med å utvikle kartløysingar for registrering av skadegjerarar og bruk av avløpsslam. NIBIO forvaltar òg kart for Landbruksdirektoratet som viser reindrifta sin arealbruk. Kartfesta informasjon om ubrukt dyrkingsareal, i tillegg til grønstruktur i byar og tettstadar er viktig for å vidareutvikle det urbane landbruket.
NIBIO har ansvar for landbruket sitt bidrag til Geovekstsamarbeidet. Vedlikehald av arealressurskarta, løysinga for Noreg i bilete og regelmessig nasjonal omløpsfotografering skal samla sett bidra til god dekning av detaljerte kart og flybilete over jord- og skogareala. NIBIO vil gi kommunane kunnskapsstøtte til oppdatering og vedlikehald av karta.
Arbeidet med å etablere ein digital høgde- og terrengmodell for Noreg er nær sluttført. NIBIO skal òg framover bidra til å vedlikehalde og utvikle fellesløysingane i den geografiske infrastrukturen. Det internasjonale samarbeidet på kartområdet, som instituttet deltek i, blir ført vidare.
Arbeidet med å delta i Copernicus, som er EU sitt program for jordobservasjon, blir ført vidare. NIBIO og Statens kartverk vil bidra i utviklinga av landtenesta i Copernicus. Noreg er òg med på utviklinga av Galileo, eit europeisk system for satellittnavigasjon. Instituttet skal i denne samanhengen yte kompetansestøtte innanfor landbruksrelaterte tema.
Føretaks-, nærings- og samfunnsøkonomi
NIBIO har eit særskilt ansvar for økonomisk statistikk, utgreiing og forsking som omfattar både eit samfunnsøkonomisk og eit føretaksøkonomisk perspektiv på landbruket. Instituttet skal levere eit godt kunnskapsgrunnlag for økonomiske og politiske avgjerder i sektoren. NIBIO skal òg utarbeide materiale som grunnlag for arbeidet til Budsjettnemnda for jordbruket, og ha rolla som sekretariat for nemnda etter avtale med departementet. Instituttet får i tillegg ein del særskilde utgreiingsprosjekt av departementet.
Naturfaglege og landbruksfaglege tema skal setjast inn i eit samfunnsmessig perspektiv for å styrkje relevansen av instituttet sin kunnskapsproduksjon og formidling. Det er viktig å sikre god kompetanse knytt til Driftsgranskingane og gardsøkonomi. Utviklinga i internasjonale råvaremarknader, endringar i handelspolitiske rammevilkår og konsekvensane dette har for norsk landbrukspolitikk og matproduksjon, er aktuelle tema for kunnskapsutvikling i åra framover. Det er òg viktig at NIBIO har kompetanse på kosthaldsstatistikk og sjølvforsyning.
Data frå driftsgranskingane og totalkalkylen er ein del av den nasjonale statistikken i Noreg, og departementet legg vekt på at statistikkane òg blir brukt til forsking og utgreiing. Arbeidet med å oppgradere og fornye IKT-systema til Budsjettnemnda og Driftsgranskingane held fram i 2023.
Kap. 4136 Norsk institutt for bioøkonomi
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
30 | Husleige | 19 052 | 19 446 | 19 915 |
Sum kap. 4136 | 19 052 | 19 446 | 19 915 |
Posten gjeld husleige for eigedommar NIBIO leiger av Landbruks- og matdepartementet. Inntektene i 2021 blei 19,1 mill. kroner. Departementet gjer framlegg om ei løyving på 19,9 mill. kroner i 2023.
Kap. 1137 Forsking og innovasjon
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
50 | Forskingsaktivitet, Noregs forskingsråd | 230 732 | 216 290 | 195 906 |
51 | Grunnløyvingar m.m., Noregs forskingsråd | 193 568 | 195 046 | 198 840 |
54 | Næringsretta matforsking m.m. | 191 477 | 175 000 | 190 000 |
70 | Innovasjonsaktivitet m.m., kan overførast | 8 500 | 3 000 | 2 759 |
71 | Bioøkonomiordninga, kan overførast | 2 708 | ||
Sum kap. 1137 | 626 985 | 589 336 | 587 505 |
Post 50 Forskingsaktivitet, Noregs forskingsråd
Formål med løyvinga
Løyvinga skal dekkje landbruks- og matforsking, først og fremst forskingsaktivitet i regi av Noregs forskingsråd. Løyvinga skal bidra til å nå hovudmåla på landbruks- og matområdet, inkludert dei forskingspolitiske delmåla.
Rapportering 2021
Det blei i 2021 nytta 230,7 mill. kroner i tråd med formålet med løyvinga. Av dette blei 228,2 mill. kroner nytta til forskingsaktivitet i regi av Noregs forskingsråd og 1,9 mill. kroner blei nytta til eit forskingsprosjekt i regi av Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) om effekten av tap til rovvilt og inngrep i beiteareal.
Det er fastsett fem mål for Noregs forskingsråd. Rapportering på desse måla, og det samla resultatet av verksemda til Noregs forskingsråd i 2021, er omtalt i Prop. 1 S (2022–2023) frå Kunnskapsdepartementet.
Rapporteringa nedanfor gir ei oversikt over aktivitet og bruk av Landbruks- og matdepartementet sine forskingsmidlar via Noregs forskingsråd i 2021. Ei meir utfyllande rapportering på resultat og verknader av forskingsløyvingane finst i del III av proposisjonen.
Løyvingane frå Landbruks- og matdepartementet har i 2021 følgt opp dei langsiktige prioriteringane i Langtidsplanen for forskning og høyere utdanning (2019–2028). Dette gjeld «Klima, miljø og miljøvenleg energi», «Mogleggjerande teknologiar», og «Samfunnssikkerheit og samhøyr i ei globalisert verd».
Løyvingar til forsking over Landbruks- og matdepartementet sitt budsjett har i hovudsak blitt disponerte gjennom porteføljen Landbasert mat, miljø og bioressursar og delporteføljen Mat og bioressursar (BIONÆR). Porteføljen dekkjer forsking og innovasjon innanfor områda mat, bioressursar, naturmangfald og miljø.
BIONÆR skal bidra til å finansiere forskingsprosjekt innanfor jordbruk, skogbruk, reindrift og andre landbaserte bionæringar. Resultata frå prosjekta gir viktige bidrag både til forvaltning og næringsutvikling, og legg grunnlaget for nye løysingar til dømes innan klimatilpassing innan eksisterande og nye næringar.
Departementet har òg bidrege med forskingsløyvingar til å følgje opp ulike prioriterte område innan fornybar energi. Samla utgjer løyvingane til dei ulike fagområda oppfølginga av departementet sitt sektoransvar innan landbruks- og matforsking.
Ein analyse utført av Forskingsrådet i 2021 viste korleis departementet sine midlar bidreg til å følgje opp dei overordna måla i Langtidsplanen for forsking og høgare utdanning (2019–2028). Midlane frå departementet treff særleg godt på målet «Styrkt konkurransekraft og innovasjonsevne», og gir viktige bidrag til vidare utvikling av eit kunnskapsintensivt næringsliv i heile landet.
Av Langtidsplanen sine langsiktige prioriteringar peikar «Klima, miljø og miljøvenleg energi» seg ut som området der departementet sine midlar bidreg mest, og halvparten av innsatsen er retta mot denne prioriteringa. Innan dei fire innsatsområda som høyrer til denne prioriteringa er det «Bioøkonomi og forvaltning» som er størst og meir enn halvparten av midlane frå departementet fell inn under dette innsatsområdet. Den resterande halvdelen er fordelt nokolunde jamt på innsatsområda «Klima, polar og miljø» og «Miljøvenleg energi og lågutsleppsløysingar». Dei andre langsiktige prioriteringane «Mogleggjerande og industrielle teknologiar» og «Samfunnstryggleik og samhøyr i ei globalisert verd» mottek høvesvis ein femtedel og ein tiandedel av departementet sine midlar til Langtidsplanens langsiktige prioriteringar.
I 2021 tildelte departementet om lag 190 mill. kroner til BIONÆR, som hadde 208 aktive prosjekt. Totalt 58 prosjekt blei avslutta i løpet av 2021. Koronapandemien har hatt konsekvensar òg for landbruks- og matforskinga, som til dømes ulike forseinkingar i prosjekta og også generelle utsettingar i kontraktsetableringar og prosjektoppstart i 2021.
Forskingsrådet har i 2021 følgt opp departementet sine føringar og retta innsatsen inn mot å fremje teknologiutvikling, grøn omstilling i næringslivet og utvikling av nye arbeidsplassar knytt opp mot klimatilpassa og berekraftig matproduksjon. I tillegg har forskingsinnsatsen blitt vidareført på område som er viktige for å halde bruken av antibiotika i husdyrproduksjonen nede. Det same gjeld forsking knytt til skogen si rolle i klimasamanheng.
Forsking for å redusere utslepp av CO2 blir òg dekt gjennom vidare innsats på områda biodrivstoff, biogass og biovarme. Produksjon av fornybar energi er eit næringstungt område, og innovasjonsprosjekt dominerer prosjektporteføljen.
Løyvinga til Forskingsrådet går òg til forsking for å auke innovasjonsgrada og konkurranseevna innanfor næringane i landbrukssektoren. Tematisk innretta utlysingar har vore viktige verkemiddel for å mobilisere næringslivet til å investere meir i FoU. Den brukarstyrte forskinga løyser ut vesentlege private midlar til forsking.
Vidare er løyvinga nytta inn i Forskingsrådet si målretta regionale satsing FORREGION, som har som mål at fleire bedrifter skal bruke forsking i innovasjonsarbeidet sitt, og at fleire fagmiljø i FoU-institusjonane blir relevante samarbeidspartnarar for næringslivet. FORREGION har mellom anna fleire aktivitetar for å fremje utvikling av bioøkonomien innanfor jordbruk og skogbruk. I 2021 blei det innvilga fleire nye kapasitetsløft over heile landet, mellom anna innan fagområda berekraftig avl og sirkulær bioøkonomi.
Auka internasjonalisering står sentralt i tildelingar over departementet sitt forskingsbudsjett. Norske miljø deltek innanfor område som mat- og husdyrproduksjon, økologisk produksjon og forbruk, dyrehelse og skogbruk.
Forskingsrådet skal bidra til å auke kvaliteten på og relevansen av forskingsprosjekta. Kvaliteten på norsk forsking og innovasjon innan landbruk, mat og bioressursar er god. Noreg deltek i ei rekkje europeiske partnarskap (JPIar og ERA-Net) som er retta mot store utfordringar som Noreg deler med samarbeidslanda og som ikkje kan løysast åleine. Landbruks- og matdepartementet sine midlar blir nytta i internasjonale forskingssamarbeid mellom anna innan klima- og miljø, mattryggleik, mat- og ernæringstryggleik, mat og helse og omstilling til eit grønare samfunn.
For å sørgje for ei heilskapleg forvaltning av dei samla forskingsmidlane i landbrukssektoren samarbeider Forskingsrådet med styret for Fondet for forskningsavgift på landbruksprodukter (FFL) og styret for Forskningsmidler over jordbruksavtalen (JA), mellom anna om sams utlysingar og langsiktig planlegging. FFL/JA sine midlar blir omtalte under kap. 1137, post 54 og kap. 1150, post 50.
Budsjettframlegg 2023
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 195,9 mill. kroner for 2023.
Løyvinga skal bidra til å nå dei fire landbruks- og matpolitiske hovudmåla; matsikkerheit og beredskap, landbruk over heile landet, auka verdiskaping og berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar, og dei forskingspolitiske delmåla, som er omtalte i kat. 15.20.
Departementet legg vekt på forsking, innovasjon og teknologiutvikling som kan bidra til nok, sunn og trygg mat basert på norske ressursar og auka sjølvforsyningsgrad, samstundes som klimagassutsleppa blir reduserte, opptaket av karbon aukar og miljøet blir teke omsyn til. For å lukkast med dette trengs det forsking som bidreg til meir effektiv og berekraftig utnytting av tilgjengelege ressursar, og kunnskap om korleis produksjonen kan tilpassast eit endra klima og varierande driftsforhold rundt om i landet. Kunnskap om god plante- og dyrehelse under eit endra klima, lågt forbruk av antibiotika og dyrevelferd vil òg vere viktig.
Kunnskap og teknologiutvikling skal leggje grunnlag for verdiskaping og nye grøne arbeidsplassar over heile landet. Auka og meir effektiv utnytting av fornybare biologiske ressursar frå skog og land gir viktige bidrag til en sirkulær bioøkonomi. Kunnskapsbehov knytt til berekraftig bruk av areal, der omsyn til miljø og klima blir balansert mot omsyn til næringsutvikling, vil vere sentralt.
Internasjonalisering av landbruks- og matforskinga er viktig. Noregs forskingsråd skal leggje til rette for at dei nasjonale forskingsprioriteringane blir utvikla vidare i det strategiske, tematiske og finansielle samspelet med EU-forskinga, som til dømes Horisont Europa og relevante partnarskap.
Forsking er viktig for å støtte opp under behovet for kunnskap i forvaltninga. Det gjeld på alle ansvarsområda til departementet. Offentlege og private aktørar står i stor grad overfor dei same kunnskapsbehova innanfor område som nok og trygg mat, betre ressursutnytting og auka verdiskaping og sysselsetjing i landbruks- og matnæringane.
Det er viktig å sjå løyvinga i samanheng med tildelingar frå Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt og Forskingsmidlar over jordbruksavtalen, jf. kap. 1137, post 54 og kap. 1150, post 50.
Nærare omtale av den økonomiske situasjonen i Noregs forskingsråd og vidare handtering av dette går fram av Prop. 1 S (2022–2023) frå Kunnskapsdepartementet.
Post 51 Grunnløyvingar m.m., Noregs forskingsråd
Formål med løyvinga
Løyvinga skal dekkje grunnfinansiering av Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO), Veterinærinstituttet (VI) og Institutt for rural- og regionalforsking (Ruralis). Forskingsrådet har ansvaret for fordelinga til desse primærnæringsinstitutta.
Løyvingane skal dekkje langsiktig kunnskaps- og kompetansebygging og stimulere til høg vitskapleg kvalitet, internasjonalisering og samarbeid innan heile breidda av instituttet sine faglege aktivitetar. Dei skal òg bidra til ein sterk instituttsektor i landbruks- og matsektoren som kan tilby brukarretta forsking av høg internasjonal kvalitet til næringslivet og forvaltninga. Løyvingane skal nyttast i tråd med retningslinene for statlege grunnløyvingar til forskingsinstitutt.
Rapportering 2021
Det blei i 2021 nytta 193,6 mill. kroner i tråd med formålet med løyvinga. Dette inkluderer 2 mill. kroner til strategiske satsingar i NIBIO, frå Klima- og miljødepartementet.
Tabell 5.1 Økonomiske nøkkeltal for landbruks- og matforskinginstitutta for 2021
Driftsinnteker | Driftsresultat | Grunnløyving i 20211 | Løyving disponert til strategiske instituttsatsningar | Grunnløyving per forskarårsverk | Grunnløyving i pst. av driftsinntektene | |
---|---|---|---|---|---|---|
mill. kr | mill. kr | mill. kr | mill. kr | mill. kr | pst. | |
NIBIO | 764,5 | 10,4 | 147 | 25,6 | 0,47 | 19 |
Veterinærinstituttet | 440,5 | 11,4 | 22,2 | 8,7 | 0,16 | 5 |
Ruralis | 41 | 0,3 | 8,8 | 2 | 0,35 | 21 |
Sum | 764,5 | 10,4 | 147 | 25,6 |
1 Faktisk utbetalt grunnløyving i 2021. Differanse frå tildeling har årsak i overføring av ubrukte midlar frå 2020 til 2021.
Kjelde: Tal frå Årsrapport 2021 Primærnæringsinstitutta, Noregs forskingsråd.
Tabell 5.2 Oversikt over personale og publisering ved landbruks- og matforskingsinstitutta for 2021
Samla årsverk | Forskarårsverk som del av samla årsverk | Tilsette med dr. grad. per forskarårsverk | Publikasjonspoeng per forskarårsverk | |
---|---|---|---|---|
pst. | forh. tal | forh. tal | ||
NIBIO | 638 | 49 | 0,89 | 0,98 |
Veterinærinstituttet | 277 | 51 | 0,9 | 0,98 |
Ruralis | 30 | 84 | 0,77 | 2,13 |
Sum | 945 |
Kjelde: Tal frå Årsrapport 2021 Primærnæringsinstitutta, Noregs forskingsråd.
Norsk institutt for bioøkonomi
Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) fekk i 2021 139,1 mill. kroner i grunnløyving, i tillegg til 9,1 mill. kroner i husleigekompensasjon. I 2021 hadde NIBIO 640 årsverk, mot 644 i 2020.
Den samla grunnløyvinga har blitt brukt til strategiske tiltak som nettverksbygging og kompetanseutvikling, finansiering av forprosjekt og vidareføring av til dømes Senter for presisjonsjordbruk og Senter for presisjonsskogbruk. NIBIO har òg brukt midlane til strategiske instituttsatsingar innanfor tema som plantehelse, klimatilpassa skogbruk og reindrift. Dette er fleirårige prosjekt som har som formål å byggje kompetanse på fagområde som vil bli viktige for instituttet framover.
Veterinærinstituttet
Veterinærinstituttet (VI) fekk i 2021 38,4 mill. kroner i grunnløyving. Dei hadde 277 utførte årsverk, mot 278 i 2020.
Grunnløyvinga har blitt brukt til to strategiske instituttsatsingar. Dette er på viktige område som gensekvensering av sjukdomsframkallande bakteriar og dyrehelse. Grunnløyvinga har vidare blitt brukt som eigendel i forskingsprosjekt og nettverksbygging og kompetanseutvikling.
Institutt for rural- og regionalforsking
Institutt for rural- og regionalforsking (Ruralis) fekk i 2021 8,8 mill. kroner i grunnløyving. Dei hadde 30 årsverk, mot 28 i 2020.
Delar av grunnløyvinga har i 2021 blitt brukt til to strategiske instituttsatsingar. Desse gjeld berekraftige matsystem for å redusere fattigdom og svolt i låginntektsland, og bygdesosiologi. Vidare har løyvinga blitt brukt til finansiering av eigendel i forskingsprosjekt, nettverksbygging og kompetanseutvikling.
Budsjettframlegg 2023
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 198,8 mill. kroner til dei tre landbruks- og matfaglege forskingsinstitutta. Løyvinga er redusert med 1,8 mill. kroner som følgje av endra jobbreisevanar etter pandemien for NIBIO og VI. Kunnskapsdepartementet har justert det statlege grunnfinansieringssystemet for institutt som mottek grunnfinansiering frå Forskingsrådet. Ein prosent av grunnløyvinga til dei landbruks- og matfaglege institutta skal vere resultatbasert, og tildelast ut ifrå institutta sine skår på indikatorar for kvalitet og relevans.
Post 54 Næringsretta matforsking m.m.
Formål med løyvinga
Løyvinga skal dekkje forsking innanfor produksjon av nærings- og nytingsmiddel, i tillegg til produksjon av fôrkorn til husdyr. Viktige fagområde er mat- og planteproduksjon, klima, miljø og berekraft, auka konkurransekraft og meir effektiv resursbruk i sektoren. Løyvinga skal i hovudsak tildelast næringsrelevante forskingsprosjekt etter open utlysing og konkurranse. Løyvinga er finansiert av forskingsavgifta på landbruksprodukt, jf. kap. 5576 post 70, og blir forvalta av eit styre som er oppnemnt av departementet.
Løyvinga dekkjer òg matforskingsinstituttet Nofima AS sine fleirårige strategiske program. Nofima AS er eit næringsretta institutt innanfor utvikling av mat- og næringsmiddelproduksjon i grøn og blå sektor.
Rapportering 2021
Det blei i 2021 nytta 191,5 mill. kroner i tråd med formålet med løyvinga. I løpet av året blei 27 forskingsprosjekt avslutta og 22 nye prosjekt innvilga. Ved slutten av 2021 hadde ordninga 111 forskingsprosjekt i sin portefølje.
Ordninga har motteke søknadar og sluttrapportar frå prosjekt tilnærma som normalt, trass i koronapandemien. Samarbeidsavtalen med Forskingsrådet har i 2021 blitt revidert. Avtalen legg grunnlag for eit tettare strategisk samarbeid og betre samhandling framover med Forskingsrådet.
Matforskingsinstituttet Nofima AS fekk i 2021 75 mill. kroner frå ordninga til deira fleirårige strategiske program. Programma tek for seg viktige område som sunnare mat, ein berekraftig matindustri, auka innovasjon i industrien og trygg og haldbar mat. Styret for ordninga har òg tildelt 3 mill. kroner til MILJØFORSK i Noregs forskingsråd.
Budsjettframlegg 2023
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 190,0 mill. kroner til Næringsretta matforsking m.m. Departementet gjer òg framlegg om ei meirinntektsfullmakt mellom kap. 1137, post 54 og kap. 5576, post 70, jf. vedtak II.
Post 70 Innovasjonsaktivitet m.m., kan overførast
Formål med løyvinga
Løyvinga skal dekkje innovasjonsaktivitet i landbruks- og matsektoren.
Rapportering 2021
Det blei i 2021 nytta 8,5 mill. kroner til innovasjonsaktivitet i landbruks- og matsektoren.
Landbruket sitt klima- og energisenter ved Mære landbruksskole mottok eit tilskott på 3 mill. kroner for å vidareutvikle senteret som ein FoU-arena der nye klimaløysingar, for og med landbruket, skal utviklast og visast fram. Tilskottet blei óg nytta til å utvikle ein Innovasjonslab ved Mære. Innovasjonslabben har blitt brukt av mange gründerar og bedrifter som har testa produkta sine og motteke rådgiving frå Mære.
Mære mottok óg eit eingongstilskott på 2 mill. kroner. Tilskottet har blitt brukt til utvikling av samarbeidet mellom Mære landbruksskole og Val skule og deira arbeid med å identifisere og konretisere blå-grøne synergiar innan berekraftig bruk av bioressursar. Til dømes har dei to skulane testa akvaponi med dyrking av ulike grønsaker i resirkulert vatn frå oppdrettsanlegg.
I 2019 styrkte Stortinget «Inn på tunet»-ordninga med eit eingongstilskott på 3 mill. kroner. Grunna utsettingar som følgje av koronapandemien blei dei siste tilskotta, på til saman 2,5 mill. kroner, utbetalte i 2021.
Budsjettframlegg 2023
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 2,8 mill. kroner. Løyvinga vil bli nytta som tilskott til landbruket sitt klima- og energisenter ved Mære landbruksskole.
Post 71 Bioøkonomiordninga, kan overførast
Formålet med løyvinga har vore å fremje auka innovasjonsaktivitet og støtte opp under eit sterkare og meir framtidsretta landbruk. Midlane frå Landbruks- og matdepartementet til Bioøkonomiordninga blei avvikla i 2021.
Rapportering 2021
Det blei i 2021 nytta 2,7 mill. kroner i tråd med formålet med løyvinga.
Bioøkonomiordninga fungerer som ein «paraply» over åtte ulike verkemiddel fordelte på oppdrag frå Nærings- og fiskeridepartementet, Kommunal- og moderniseringsdepartementet og Landbruks- og matdepartementet.
Løyvinga til bioøkonomiordninga frå Landbruks- og matdepartementet blei avvikla i statsbudsjettet for 2021. Det er difor ikkje innvilga støtte til nye prosjekt med finansiering frå denne posten i 2021, men det er utbetalt støtte til prosjekt som er innvilga støtte for tidlegare år.
Det er i 2021 utbetalt tilskott til fire utviklingsprosjekt innan agriteknologi: dyrkingsteknikk for betre jordhelse, berekraftig produksjon av settepotet, sensorikk og vertikal dyrking av grøntvekstar.
Programkategori 15.30 Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak
Utgifter under programkategori 15.30 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 | Endring i pst. |
1138 | Støtte til organisasjonar m.m. | 48 491 | 50 527 | 45 286 | -10,4 |
1139 | Genressursar, miljø- og ressursregistreringar | 39 273 | 30 081 | 31 366 | 4,3 |
1140 | Haustbare viltressursar – forvaltning og tilskott til viltformål (Viltfondet) m.m. | 75 646 | 77 290 | 82 590 | 6,9 |
1141 | Haustbare viltressursar – jegerprøve, tilskott til organisasjonar m.m. | 10 675 | 11 714 | 12 947 | 10,5 |
1142 | Landbruksdirektoratet | 814 425 | 1 988 747 | 2 125 834 | 6,9 |
1148 | Naturskade – erstatningar | 33 382 | 133 400 | 89 400 | -33,0 |
1149 | Verdiskapings- og utviklingstiltak i landbruket | 159 322 | 121 969 | 111 969 | -8,2 |
1150 | Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m. | 16 946 306 | 18 452 059 | 24 082 359 | 30,5 |
1151 | Til gjennomføring av reindriftsavtalen | 148 338 | 164 500 | 180 000 | 9,4 |
1152 | Bionova | 87 540 | 100,0 | ||
1161 | Myndigheitsoppgåver og sektorpolitiske oppgåver på statsgrunn | 29 068 | 23 948 | 31 910 | 33,2 |
Sum kategori 15.30 | 18 304 926 | 21 054 235 | 26 881 201 | 27,7 |
Inntekter under programkategori 15.30 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 | Endring i pst. |
4141 | Haustbare viltressursar – jegerprøve, tilskott til organisasjonar m.m. | 3 753 | 3 701 | 4 071 | 10,0 |
4142 | Landbruksdirektoratet | 45 731 | 46 459 | 47 853 | 3,0 |
4150 | Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m. | 306 | 50 | 50 | 0,0 |
5576 | Sektoravgifter under Landbruks- og matdepartementet | 282 157 | 260 000 | 283 000 | 8,8 |
Sum kategori 15.30 | 331 947 | 310 210 | 334 974 | 8,0 |
Mål og strategiar
Budsjettframlegget under kategori 15.30 omfattar næringsavtalar, verdiskapings- og utviklingstiltak i skogbruket, miljøtiltak, Landbruksdirektoratet, erstatning for naturskade, forvaltning av statsgrunn i skog og utmark, forvaltning av haustbare viltressursar og støtte til organisasjonar. For nærare informasjon om næringsavtalane, sjå Prop. 120 S (2021–2022) Endringer i statsbudsjettet 2022 under Landbruks- og matdepartementet (Jordbruksoppgjøret 2022) og Prop. 104 S (2021–2022) Endringer i statsbudsjettet 2022 under Landbruks- og matdepartementet (Reindriftsavtalen 2022/2023), og handsaminga av desse i Stortinget.
Framlegget under kategorien rettar seg særleg mot desse hovudmåla; landbruk over heile landet, auka verdiskaping og berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar.
Landbruksdirektoratet står sentralt i gjennomføringa av landbruks- og matpolitikken og er støtte- og utgreiingsorgan for departementet, jf. kap. 1142. Det blir lagt vekt på ei brukarretta og effektiv forvaltning av tilskottsordningar og formålstenlege juridiske verkemiddel i tillegg til kontroll og dokumentasjon.
God kunnskap og vitskapleg dokumentasjon er viktig i arbeidet med å nå dei landbrukspolitiske måla. Forvaltning av dyrka mark, skog og utmark krev god oversikt over areal- og genressursane, noko som er føresetnadar for lønsam drift og god kunnskap om berekraftig forvaltning med gode miljøomsyn. Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) er ein viktig leverandør av kunnskap til forvaltning og næringsutøvarar, jf. kap. 1136 og 1137.
Prioriteringar
Prioriteringar i jordbruksavtalen
Jordbruket sitt krav blei lagt fram 27. april 2022, og staten sitt tilbod blei lagt fram 5. mai 2022. Den 6. mai meldte jordbruket sin forhandlingsleiar at jordbruket ville gå i forhandlingar med staten om ein jordbruksavtale. I perioden fram mot 16. mai 2022 var det forhandlingar mellom partane.
Kravet frå jordbruket var todelt: kompensasjon for auka kostnader i 2022 for å løfte inntektene til det nivået som Stortinget la til grunn då jordbruksoppgjeret blei vedteke i 2021, og auka inntektsmoglegheiter i 2023. Samla sett var kravet på 11 567 mill. kroner.
Den 16. mai 2022 inngjekk staten jordbruksavtale med både Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag. Avtalen legg til rette for ei nivåheving av inntektsmoglegheitene i 2022 ut over kostnadskompensasjon og sviktande inntektsutvikling samanlikna med føresetnadane i Stortingets vedtak om jordbruksoppgjeret i 2021 på til saman 3 568 mill. kroner. Finansieringa blir fordelt på 1 207 mill. kroner i endra målprisar frå 1. juli 2022, 2 000 mill. kroner i auka løyving over kap. 1150, 63 mill. kroner i overførde midlar frå 2021 og 298 mill. kroner i auka verdi av jordbruksfrådraget.
For 2023 blei det lagt til grunn ei ytterlegare nivåheving finansiert ved 1 488 mill. kroner i endra målprisar, 5 505 mill. kroner i auka løyving over kap. 1150 og 367 mill. kroner i auka verdi av jordbruksfrådraget. I sum for 2022 og 2023 blir løyvinga over kap. 1150 auka med 7 505 mill. kroner samanlikna med før oppgjeret. Avtalen legg til rette for ei nivåheving av inntektsmoglegheitene i 2022 ut over kostnadskompensasjonen og den sviktande inntektsutviklinga samanlikna med føresetnadane frå Stortingets handsaming av jordbruksoppgjeret i 2021. I tillegg legg avtalen opp til ei ytterlegare heving av nivået i 2023, ut over inntektsveksten for andre grupper. Til saman utgjer nivåhevinga om lag 40 000 kroner per årsverk frå 2022, etter full kostnadskompensasjon. Under forhandlingane fekk partane informasjon om at nitratprisane i den norske marknaden skulle reduserast med om lag 30 pst. frå mai. Partane valde likevel å oppretthalde kostnadsanslaga som blei lagde til grunn så langt i forhandlingane, men blei samde om at dei kan møtast hausten 2022 for ei ny vurdering av om det vil vere naudsynt å justere ned kompensasjonen for gjødselprisar.
Tilskottsramma til Landbrukets utviklingsfond blei auka med 430 mill. kroner og sett til 2 321 mill. kroner. For å styrkje kapitalsituasjonen til fondet blei det tilført 57,3 mill. kroner i eingongsmidlar for 2022, samstundes som løyvinga til fondet for 2023 blei auka med 480 mill. kroner til 2 058,6 mill. kroner. I oppgjeret i år blei investeringsverkemidla særskilt prioritert for å imøtekomme lausdriftskravet for små- og mellomstore bruk. I tillegg blei ordningar med klima- og miljøinnretning, skogbrukstiltak og ei særskilt satsing på berekraftig matproduksjon og verdiskaping i nord prioritert.
I avtalen mellom staten og jordbruket blir det, av omsyn til næringa si konkurransekraft, lagt til grunn at delar av prisaukinga og kostnadskompensasjonen kan reverserast dersom kostnader og verdsmarknadsprisar går tilbake til meir normale nivå. Dette vil mellom anna gjelde for den midlertidige omlegginga av marknadsordninga for korn, auken i dei øvre prisgrensene, målprisar og anna særskild kompensasjon.
Regjeringa Støre har sidan den tiltredde gjennomført fleire tiltak for å redusere konsekvensane av kostnadsbølga for jordbruket, både gjennom ekstraordinære løyvingar etter tilleggsforhandlingar, ekstra løyve til investeringar over Landbrukets utviklingsfond og straumstønad. Dette viser regjeringa si sterke prioritering av jordbruket, og viljen til å bidra til størst mogleg grad av tryggleik i ei usikker tid.
Det blei i jordbruksoppgjeret i 2021 sett ned eit utval som skal drøfte og klargjere prinsipp og metodar, moglegheiter og avgrensingar, for måling av inntekt for jordbruket som sektor og for bønder som private næringsdrivande. Utvalet skal òg vurdere grunnlag og føresetnader for samanlikning av næringsinntekter frå jordbruket med løn for arbeidstakarar. Utvalet har fått utsett fristen med å levere si innstilling til 1. oktober 2022.
Jordbruksoppgjeret innebar eit vesentleg bidrag for å styrkje miljø- og klimaarbeidet i jordbruket, med ei særskild satsing retta mot tiltak som skal betre situasjonen i Oslofjorden. Avsetjinga som har klima- og miljøverknad blei auka med 1 661 mill. kroner frå 2022 til 2023.
Prioriteringar i reindriftspolitikken
I Hurdalsplattformen legg regjeringa til grunn at reindrifta er viktig for å bevare samisk kultur, samfunnsliv og språk. Reindrifta har eit potensial for auka verdiskaping. Dette gjeld særleg auka vidareforedling av reinkjøtt, og formidling av reindriftssamisk kultur og levesett. Reindrifta skal utviklast med eit tredelt mål om økologisk, økonomisk og kulturell berekraft.
Reindriftsavtalen 2022/2023 blei inngått mellom staten og Norske Reindriftsamers Landsforbund 10. februar 2022. Avtalepartane er samde om å prioritere direkte tilskott, varetaking av areala til reindrifta, klimatilpassing og beredskap i reindrifta, rekruttering og infrastrukturtiltak.
Avtalepartane vidarefører òg satsinga på tilleggsnæring i reindrifta. Tilleggsnæring støttar opp om reindrifta som ei familiebasert næring, og legg til rette for at fleire kan hente inntekter frå reindrifta.
Eit reintal som er tilpassa beitegrunnlaget er avgjerande for å nå målet om berekraftig reindrift. Reintalet i Vest-Finnmark reinbeiteområde låg i 2021 noko over det fastsette reintalet. Dette viser at det er naudsynt å følgje med på utviklinga for å unngå at reintalet aukar.
Klimaendringane fører til endringar i driftsmønsteret og uventa hendingar. Frekvensen av periodar med låste beite har auka vesentleg, og slike forhold gir auka kostnader og krev investeringar i mellom anna infrastruktur. Beitekrisa i reindrifta i 2022 blei handtert gjennom ekstraordinære løyvingar til innkjøp og uttransport av fôr. Det er behov for å sjå heilskapleg på korleis klimaendringane påverkar reindrifta, og på relevante strategiar for å møte klimautfordringane.
Tilgang på naudsynte areal er ein føresetnad for at reindriftsnæringa skal nå målet om auka produksjon og lønsemd. Varetaking av areala er ein av dei største utfordringane reindrifta har i dag. Redusert fleksibilitet i arealbruken er òg ei utfordring sett i samanheng med klimaendringane, og desse endringane gjer reindrifta meir utsett i område med mykje rovvilt.
Tap av rein til rovvilt er ei stor utfordring. I enkelte reinbeitedistrikt har det over tid blitt erstatta opp mot halvparten av kalveproduksjonen som tap til rovvilt. Sjølv om tapet blir erstatta, vil det gi negative konsekvensar for den enkelte siidaandel og reindriftsfamilie. Dette fordi endra aldersstruktur i simleflokken kan gi lågare kalvetilgang det etterfølgjande året, med tapte produksjonsinntekter som resultat.
Rovviltpolitikken har innverknad på samisk reindrift. Det er difor viktig at tiltak som blir sette i verk når det gjeld rovvilt òg blir vurderte opp mot dei forpliktingane staten har overfor samane som urfolk. Dette gjeld både materielle forpliktingar til å sikre mellom anna naturgrunnlaget for den samiske reindrifta, og dessutan prosessuelle forpliktingar som gjeld konsultasjonar og deltaking i avgjerder som kan påverke samiske interesser direkte.
Landbruks- og matdepartementet har i samarbeid med Landbruksdirektoratet og statsforvaltarane i Trøndelag, Nordland og Troms og Finnmark etablert eit prosjekt for å redusere restansar på reindriftsområdet hos Statsforvaltaren i Troms og Finnmark. Saker frå Troms og Finnmark som gjeld tilskott til reinbeitedistrikt og reinlag, oppfølging av ekstraordinært tilskott til kriseberedskap frå 2020, søknader om gjerde og anlegg og gjetarhytter skal behandlast av Statsforvaltaren i Nordland eller Statsforvaltaren i Trøndelag som settestatsforvaltarar. Prosjektperioden er 15. august 2022 til 1. april 2023.
Prioriteringar i skogpolitikken og i forvaltninga av haustbart vilt
Skogpolitikken blir følgd opp i tråd med Meld. St. 6 (2016–2017) Verdier i vekst – Konkurransedyktig skog- og trenæring, som blei handsama av Stortinget i januar 2017. Her går det mellom anna fram at auka vidareforedling av norsk tømmer i lønsame foredlingsbedrifter i Noreg vil vere viktig for auka verdiskaping og for positive nærings-, miljø- og klimabidrag frå sektoren. Strategidokumentet Skog- og trenæringa – ein drivar for grøn omstilling, som blei lagt fram i 2019, blir følgt opp mellom anna gjennom Dialogforum for skog- og trenæringa, der representantar frå skog- og trenæringa, forsking og forvaltning deltek. Regjeringa har lagt fram eit vegkart for eit grønt industriløft, der skog- og trenæringa og anna bioøkonomi blir peikt ut som eitt av fleire særlege innsatsområde. Regjeringa styrkjer løyvinga til skogbruket. Målet er å leggje til rette for å skape verdiar og lønsame jobbar i heile landet, auke dei grøne investeringane, auke eksporten frå fastlandet og kutte klimagassutslepp raskt på veg mot lågutsleppssamfunnet.
Dei viktigaste økonomiske verkemidla i skogpolitikken er skogfond, tilskott til nærings- og miljøtiltak, tilskott til skogbruksplanlegging med miljøregistreringar, tilskott til skogplanteforedling og tilskott til produksjon av fornybar energi, særleg bioenergi.
Verkemiddelbruken knytt til forbetring av skogsvegnettet og tømmerkaier har høg prioritet. Ein god infrastruktur i form av vegar, jernbane og tømmerkaier er viktig for å auke verdiskapinga og styrkje konkurransekrafta til skog og trenæringa. Regjeringa vil òg forbetre rutinane – for kontroll og handheving av plikta til å forynge skogen etter hogst.
Departementet har eit hovudansvar for viltlova. Viltlova har til formål at viltet og viltet sine leveområde skal forvaltast i samsvar med naturmangfaldlova, og slik at produktiviteten og artsrikdomen i naturen blir tekne vare på. Innanfor denne ramma kan viltproduksjonen haustast til gode for landbruksnæringa og friluftslivet. Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet samarbeider om ei modernisering av viltlova. Det er naudsynt med betre samordning mellom viltlova og anna relevant regelverk, og klargjering som følgje av nye utfordringar på området. Departementet vil leggje til rette for oppbygging av kunnskapsgrunnlaget for forvaltning av dei haustbare viltressursane og auka næringsutvikling knytt til mellom anna jakt, jaktturisme og foredling av viltkjøtt. Arbeid for å dempe interessekonfliktar mellom haustbare viltartar og viktige samfunnsomsyn, til dømes knytt til villsvin og hjort, vil òg vere prioriterte område framover.
Prioriteringar i landbruket sin klima- og miljøpolitikk
Klima- og miljøpolitikken til regjeringa byggjer på at alle samfunnssektorar har eit sjølvstendig ansvar for å leggje miljøomsyn til grunn for sine aktivitetar og for å medverke til at dei nasjonale klima- og miljømåla kan bli nådde. Resultatrapportering for målet berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar er omtalt i del III av proposisjonen. For ei samla omtale av klima- og miljørelevante saker, sjå Klima- og miljødepartementets budsjettproposisjon.
Regjeringa opprettar Bionova. Bionova skal vere eit verktøy for å nå klimamåla til Noreg for 2030 og målet om å vere eit lågutsleppssamfunn i 2050 gjennom å bidra til reduserte klimagassutslepp og auka karbonopptak og -lagring. I tillegg skal Bionova bidra til verdiskaping gjennom overgang til ein meir sirkulær bioøkonomi basert på fornybare biologiske ressursar frå land og hav. Sjå kap. 1152 for meir informasjon om Bionova.
Jordbrukspolitikken skal leggjast om i ei meir miljø- og klimavenleg retning. I jordbruksoppgjeret 2022 blei miljø- og klimainnsatsen ytterlegare styrkt. Det er viktig for regjeringa å vektleggje arbeidet med grøn omstilling og vareta eit berekraftig landbruk, både knytt til biobasert sirkulær økonomi, arbeid med miljøretta tiltak og reduksjon av klimagassar. Årets satsing skal bidra til å følgje opp klimaavtalen mellom regjeringa og organisasjonane i jordbruket og arbeidet med å nå andre miljømål, til dømes innan vassmiljø og kulturlandskap. Oppfølging av Helhetlig tiltaksplan for Oslofjorden blei spesielt prioritert i forhandlingane. Totalt blir avsetjinga til ordningar med klima- og miljøverknad auka med 1 660,8 mill. kroner frå 2022 til 2023, jf. Prop. 120 S (2021–2022) for nærare detaljar. Klimaavtalen som blei inngått mellom regjeringa og organisasjonane i jordbruket i 2019, vil liggje til grunn for klimaarbeidet i sektoren framover, jf. Meld. St. 13 (2020–2021) Klimaplan 2021–2030.
Miljøprogramsatsinga over jordbruksavtalen omfattar viktige verkemiddel for å stimulere til meir miljøvenleg drift. Det er difor viktig å vidareføre denne satsinga.
For mykje næringssalt er ein av dei tre faktorane som har størst innverknad på våre vassdrag og kystområde. Dei viktigaste kjeldene til dette er separate avløpsanlegg som ikkje tilfredsstiller reinsekrava, restutslepp frå kommunale avløpsanlegg og arealavrenning frå jordbruket. Ytterlegare reduksjon av forureining av vatn, som avrenning av jord, næringsstoff og plantevernmidlar, er difor viktig. Samla gjennomføring av ulike tiltak for jordarbeiding, grasdekte areal m.m. i kornområda, har redusert erosjonsrisikoen på dei dyrka areala.
Strukturendringar og endring i driftsformer gir utfordringar for naturmangfaldet i jordbrukslandskapet og for økosystemtenester levert frå jordbrukslandskapet. Eit variert jordbrukslandskap gir viktige leveområde for mange artar. Ei rekkje ordningar på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå skal sørgje for tiltak og rett skjøtsel av verdifulle landskap, verdifulle artar og naturtypar, i tillegg til å bidra til at status for kulturminne og kulturmiljø i jordbruket blir betra. Tiltak for å betre forholda for pollinerande insekt blir følgde opp i tråd med Nasjonal pollinatorstrategi og Tiltaksplan for ville pollinerande insekt 2021–2028.
Regjeringa har som mål å auke CO2-opptaket i norsk skog. Av Meld. St. 13 (2020–2021) Klimaplan for 2021–2030 går det fram at regjeringa difor vil vurdere å styrkje eksisterande klimatiltak i skog, innføre krav i lov og forskrift om minstealder for hogst og leggje til rette for skogplanting på nye areal med klare miljøkriterium.
Regjeringa har starta arbeidet med å etablere ein meny av ulike tiltak som bidreg til å ta vare på eit mangfald av økosystem i god økologisk tilstand, og skog er første økosystem ut. Som del av arbeidet vil regjeringa utarbeide eit felles kunnskapsgrunnlag om den økologiske tilstanden i norsk skog. Kunnskapsgrunnlaget skal baserast på tilgjengeleg kunnskap supplert med eventuelt ny kunnskap.
Prioriteringar i areal- og ressurspolitikken
Matjorda er den viktigaste ressursen for norsk matproduksjon, både i dag og for framtidige generasjonar. Regjeringa la våren 2021 fram ein oppdatert jordvernstrategi med nye tiltak og eit forsterka jordvernmål. Årleg omdisponering av dyrka jord skal innan 2025 ikkje overstige 3 000 dekar. Regjeringa vil følgje opp den nye jordvernstrategien og oppmodingsvedtaket om å leggje fram ein ny jordvernstrategi, med eit nytt og skjerpa mål for omdisponering av matjord og nye konkrete tiltak for å nå målet. Regjeringa vil halde fram med å formidle tydelege mål og tiltak for arealpolitikk og jordvern. Regjeringa vil mellom anna vurdere eit sterkare vern av dei viktigaste jordbruksareala. Tilskottsordninga for utarbeiding av kommunale jordvernstrategiar blir ført vidare i 2023.
Landbruksdirektoratet vil i 2023 halde fram med å styrkje og utvikle det faglege arbeidet med arealbruken i landbruket knytt til oppgåver innanfor klima og miljø, og den todelte målsetjinga i rovdyrpolitikken.
Regjeringa vil sikre at matjorda blir brukt til matproduksjon og handheve eigedomslovgivinga med sikte på å sikre eit levande landbruk i heile landet.
Landbruk er ein føresetnad for å ta vare på kulturlandskapet, og dette landskapet gir ei ramme for satsing på kultur, lokal mat, friluftsliv, busetjing og turisme. Jordbruket sitt kulturlandskap er dessutan særleg viktig leveområde for mange artar av planter og dyr. Dei kommunale miljøverkemidla og dei regionale miljøprogramma over jordbruksavtalen skal òg framover bidra til å halde det biologiske mangfaldet og kulturminna i kulturlandskapet ved like. Ordningane over jordbruksavtalen med utvalde kulturlandskap i jordbruket og ivaretaking av kulturlandskapsverdiane i verdsarvområda, blir ført vidare i 2023. Talet på utvalde kulturlandskap vil bli auka til 51 område over heile landet. Verdsarven Røros og Cirkumferensen som begge er innlemma i UNESCOs verdsarvliste, vil frå 2023 inngå i ordninga over jordbruksavtalen med tilskott til verdsarvområde. Med målretta tiltak og prioriteringar vil ein kunne styrkje landbruket og med det ivareta internasjonale pliktar om å ta vare på verdiane i verdsarvområdet.
Det genetiske mangfaldet av planter, husdyr og skogtre er ein viktig ressurs for landbruket. Dette mangfaldet utgjer ein vesentleg del av det biologiske grunnlaget for auka matproduksjon og tilpassing til nye behov og utfordringar for landbruket, ikkje minst i møte med klimaendringar. I eit internasjonalt perspektiv vil trugsmåla mot genetisk variasjon hindre utvikling av eit berekraftig landbruk. Endra klima er ei utfordring som vil krevje tilpassa plante- og dyremateriale i landbruket og tilpassa skogtre i skogbruket. Ordninga med tilskott til genressurstiltak bidreg til å oppfylle pliktene Noreg har i Den internasjonale traktaten for plantegenetiske ressursar, og i dei vedtekne sektorvise handlingsplanane for husdyr, planter og skogtre under FAOs kommisjon for genetiske ressursar for mat og landbruk. Departementet vil i 2023 følgje opp strategien for bevaring og berekraftig bruk av genetiske ressursar for mat og landbruk gjennom ein nasjonal tiltaksplan. Tiltaksplanen vil presisere det nasjonale ansvaret, gi prioriteringar for arbeidet og synleggjere aktørane si rolle og oppgåver.
Departementet har ansvaret for drifta av Svalbard globale frøhvelv. Frølageret har ei viktig rolle i arbeidet med å auke forståinga for genetiske ressursar og det internasjonale samarbeidet om dette.
Departementet vil leggje vekt på å sikre eit effektivt nordisk samarbeid om å ta vare på genetiske ressursar i Nordisk genressurssenter (NordGen) og den nordiske partnarskapen for frøforedling. Målet er å styrkje planteforedlinga og nytte dei nordiske genressursane betre.
Kap. 1138 Støtte til organisasjonar m.m.
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
70 | Støtte til organisasjonar | 39 302 | 41 302 | 33 640 |
71 | Internasjonalt skogpolitisk samarbeid – organisasjonar og prosessar, kan overførast | 1 262 | 1 298 | 1 335 |
72 | Stiftinga Norsk senter for økologisk landbruk | 7 927 | 7 927 | 6 311 |
73 | Nasjonalt senter for fjellandbruk | 4 000 | ||
Sum kap. 1138 | 48 491 | 50 527 | 45 286 |
Post 70 Støtte til organisasjonar
Formål med løyvinga
Løyvinga skal dekkje støtte til organisasjonar på nasjonalt nivå som arbeider innanfor Landbruks- og matdepartementets målområde.
Dette omfattar organisasjonar som
formidlar kunnskap og fremjar forståing for verdien av landbruk, matproduksjon og matkultur
synleggjer yrkesmoglegheiter knytte til garden sine ressursar
fremjar berekraftig landbruk, verdiskaping og landbruksbasert næringsutvikling
Tilskottet skal medverke til å halde oppe aktiviteten i organisasjonane, og bidra til eit levande og aktivt organisasjonsliv lokalt, regionalt og nasjonalt.
Departementet gjer framlegg om løyvingar til organisasjonar direkte i budsjettproposisjonen. Det blir sett krav om årsrapportering i form av årsmelding/årsberetning og revisorgodkjend rekneskap. Dette er grunnlag for oppfølging og kontroll, og skal sendast departementet innan 1. juni påfølgjande år. For organisasjonar som mottek tilskottsbeløp mindre enn 200 000 kroner, er det ikkje sett krav om at rekneskapen skal vere revisorgodkjent.
Ordninga skal forvaltast slik at den er i tråd med reglane for statsstøtte i EØS-avtalen.
Rapportering 2021
Det blei i 2021 nytta 39,3 mill. kroner i tråd med formålet med løyvinga, jf. tabell 5.3.
Tabell 5.3 Støtte til organisasjonar i 2021 (i kroner).
Organisasjon | Løyving 2021 |
---|---|
4H Norge | 7 100 000 |
Det Kongelige Selskap for Norges Vel | 1 900 000 |
Det Norske Hageselskap | 1 090 000 |
Det Norske Skogselskap | 1 190 000 |
Dyrebeskyttelsen Norge | 400 000 |
Dyrevernalliansen | 740 000 |
Folkeaksjonen ny rovdyrpolitikk | 1 600 000 |
HANEN – Næringsorganisasjonen for bygdeturisme, gårdsmat og innlandsfiske | 2 150 000 |
Hest og Helse | 230 000 |
Jordvern Norge | 200 000 |
Kvinner i skogbruket | 170 000 |
Matsentralen Norge | 7 800 000 |
Matvett AS | 410 000 |
GMO-Nettverket | 1 490 000 |
NOAH – for dyrs rettigheter | 730 000 |
Norges Birøkterlag | 250 000 |
Norges Bygdekvinnelag | 400 000 |
Norges Bygdeungdomslag | 130 000 |
Norsk Bonde- og Småbrukarlag prosjekt «Slipp oss til – Ungdom inn i landbruket» | 250 000 |
Norsk Gardsost | 370 000 |
Norsk seterkultur | 180 000 |
Norske Lakseelver | 540 000 |
Spire | 100 000 |
Stiftinga Bondens marked Norge | 500 000 |
Stiftinga Geitmyra matkultursenter for barn | 2 380 000 |
Stiftinga Norsk Kulturarv | 350 000 |
TreSenteret i Trondheim | 300 000 |
Ungt Entreprenørskap Norge | 350 000 |
Vitenparken Campus Ås | 3 000 000 |
Økologisk Norge | 3 002 000 |
Sum | 39 302 000 |
Budsjettframlegg 2023
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 33,6 mill. kroner i støtte til organisasjonar.
Løyvinga er fordelt på 30 organisasjonar, jf. tabell 5.4.
Tabell 5.4 Støtte til organisasjonar i 2022 og budsjettframlegg for 2023 (i kroner).
Organisasjon | Løyving 2022 | Løyving 2023 |
---|---|---|
4H Norge | 7 100 000 | 7 100 000 |
Det Kongelige Selskap for Norges Vel | 1 900 000 | 1 247 000 |
Det Norske Hageselskap | 1 090 000 | 801 000 |
Det Norske Skogselskap | 1 190 000 | 1 093 000 |
Dyrebeskyttelsen Norge | 400 000 | 366 000 |
Dyrevernalliansen | 740 000 | 680 000 |
Folkeaksjonen ny rovdyrpolitikk | 1 600 000 | 1 471 000 |
GMO-Nettverket | 1 490 000 | 1 370 000 |
HANEN – Næringsorganisasjonen for bygdeturisme, gårdsmat og innlandsfiske | 2 150 000 | 1 978 000 |
Hest og Helse | 230 000 | 210 000 |
Jordvern Norge | 200 000 | 182 000 |
Kvinner i skogbruket | 170 000 | 155 000 |
Matsentralen Norge | 7 800 000 | 7 181 000 |
Matvett AS | 410 000 | 376 000 |
NOAH – for dyrs rettigheter | 730 000 | 0 |
Norges Birøkterlag | 250 000 | 228 000 |
Norges Bygdekvinnelag | 400 000 | 400 000 |
Norges Bygdeungdomslag | 130 000 | 130 000 |
Norsk Bonde- og Småbrukarlag prosjekt «Slipp oss til – Ungdom inn i landbruket» | 250 000 | 78 000 |
Norsk Gardsost | 370 000 | 339 000 |
Norsk seterkultur | 180 000 | 164 000 |
Norske Lakseelver | 540 000 | 495 000 |
Spire | 100 000 | 90 000 |
Stiftinga Bondens marked Norge | 500 000 | 459 000 |
Stiftinga Geitmyra matkultursenter for barn | 4 380 000 | 1 332 000 |
Stiftinga Norsk Kulturarv | 350 000 | 320 000 |
TreSenteret i Trondheim | 300 000 | 274 000 |
Ungt Entreprenørskap Norge | 350 000 | 320 000 |
Vitenparken Campus Ås | 3 000 000 | 2 040 000 |
Økologisk Norge | 3 002 000 | 2 761 000 |
Sum | 41 302 000 | 33 640 000 |
Post 71 Internasjonalt skogpolitisk samarbeid – organisasjonar og prosessar, kan overførast
Formål med løyvinga
Løyvinga skal dekkje medverknad i internasjonale skogpolitiske prosessar og anna internasjonalt skogsamarbeid.
Noreg arbeider for eit forpliktande internasjonalt samarbeid for å løyse grenseoverskridande skogpolitiske utfordringar og for å sikre ei berekraftig forvaltning av skog internasjonalt. FNs skogforum (UNFF) er ein viktig arena for dette globalt, mens FOREST EUROPE er den sentrale arenaen for samarbeid om skogpolitikk på regionalt nivå i Europa. FOREST EUROPE samlar dei europeiske landa og ei rekkje internasjonale og frivillige organisasjonar om strategiar for å møte utfordringar og moglegheiter som skogsektoren i Europa står overfor. Det europeiske instituttet for skogforsking (EFI) er ein internasjonal organisasjon der Noreg er medlemsstat og deltek i møte i styrande organ. EFI driv forsking og utgreiing av europeiske skogspørsmål, og er ein sentral aktør i å skaffe fram kunnskapsgrunnlag for utvikling av skogpolitikk både nasjonalt og internasjonalt. Det regionale skogsamarbeidet i FN-regi skjer gjennom United Nations Economic Commission for Europe (UNECE) og FAOs europeiske skogkommisjon. Noreg deltek her. Noreg er òg medlem i andre regionale skogsamarbeid, arbeidsgruppa Working Group on Barents Forest Sector innanfor Barentssamarbeidet, og eit sirkumborealt samarbeid der òg Canada og USA deltek. Noreg hadde formannskapet i Working Group on Barents Forest Sector frå oktober 2019 til oktober 2021. Vidare er skog og skogbruk ein del av samarbeidet i Nordisk ministerråd.
Løyvinga dekkjer òg norsk medverknad i andre forum for internasjonalt samarbeid om skogspørsmål, til dømes FNs organisasjon for mat og landbruk (FAO). Løyvinga må sjåast i samanheng med løyvinga til Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) på kap. 1136, post 50, som skal dekkje bidrag frå instituttet til internasjonalt skogpolitisk samarbeid.
Rapportering 2021
Det blei i 2021 nytta 1,3 mill. kroner i tråd med formålet med løyvinga.
Noreg har i 2021 bidrege med 1 mill. kroner til eit fond som finansierer verksemda i Policy Support Facility under EFI. Dette programmet skal kople forsking og politikkutvikling, og er eit godt bidrag til kunnskapsutvikling knytt til nasjonal skogpolitikk og europeisk skogpolitisk samarbeid.
NIBIO er ein viktig aktør i oppfølginga av det internasjonale skogsamarbeidet, mellom anna i FOREST EUROPE, FAO og UNECE. Ein viktig del av dette er å sikre rapportering og delta i utviklingsarbeidet til desse organisasjonane og prosessane. NIBIO har i 2021 hatt sekretariatfunksjonen for det norske formannskapet i Working Group on Barents Forest Sector, og bidrege i det løpande arbeidet og i å halde eit avsluttande arrangement i 2021.
Budsjettframlegg 2023
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 1,3 mill. kroner til internasjonalt skogsamarbeid.
Hovuddelen av løyvinga vil bli nytta til å føre vidare bidraget til arbeidet i EFI. Løyvinga skal òg nyttast til vidare oppfølging av internasjonalt skogsamarbeid.
Post 72 Stiftinga Norsk senter for økologisk landbruk
Formål med løyvinga
Norsk senter for økologisk landbruk (NORSØK) er ei privat, sjølvstendig stifting som arbeider med forsking, rådgiving og formidling av kunnskap innan fagområda økologisk landbruk og matproduksjon, miljø, berekraft og fornybar energi.
Løyvinga skal gå til utvikling og formidling av kunnskap om produksjon og forbruk av økologisk mat. Ein mindre del av løyvinga kan gå til forskingsretta arbeid.
Rapportering 2021
Det blei i 2021 nytta 7,9 mill. kroner i tråd med formålet med løyvinga. Stiftinga har drive både munnleg og skriftleg formidling til bønder, landbruksrådgivarar, studentar, offentleg forvaltning, forbrukarar og storhushaldningar. Formidlinga har skjedd gjennom ulike nettstader, artiklar i fagtidsskrift, foredrag og ulike arrangement. Grunna koronapandemien blei òg mykje av den fysiske verksemda i 2021 flytta over til digitale plattformer. Desse arrangementa har hatt stor deltaking. Stiftinga deltek på ei rekkje samarbeidsarenaer, og har aktiv samhandling med andre kompetanse-, fag- og forskingsmiljø. Stiftinga legg vekt på dialog og samarbeid med fleire organisasjonar nasjonalt og internasjonalt. NORSØK har eit omfattande samarbeid med Norsk Landbruksrådgiving (NLR) og Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO).
Innanfor løyvinga har NORSØK òg arbeidd med å samle og utvikle kunnskap innanfor ei rekkje tema som jordkvalitet, agronomi, klima og planter, fornybar energi, dyrevelferd og driftsopplegg, plantevern, og økologisk forbruk.
Budsjettframlegg 2023
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 6,3 mill. kroner til stiftinga NORSØK. Aktuelle tiltak som skal finansierast av løyvinga vil bli avklart i dialog mellom stiftinga og departementet. Løyvinga skal òg bidra til å finansiere vidareføringa og vidareutviklinga av oppgåvene dei økologiske føregangsfylka tidlegare hadde. NORSØK skal samarbeide med NLR om arbeidet.
Post 73 Nasjonalt senter for fjellandbruk
Formål med løyvinga
Løyvinga skal dekkje tilskott til eit nasjonalt senter for fjellandbruk. Midlane skal gå til rådgiving, formidling av kunnskap og bygging av nettverk. Målet med eit nasjonalt senter for fjellandbruket er å fremje eit lønsamt og berekraftig landbruk i fjellområda, med utgangspunkt i fjellbygdenes særtrekk og fortrinn.
Budsjettframlegg 2023
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 4,0 mill. kroner til eit nasjonalt senter for fjellandbruk som er planlagd etablert på Løken gard i Øystre Slidre kommune. For å leggje til rette for dette gjer departementet òg framlegg om at Øystre Slidre kommune tek over Løken gard vederlagsfritt, jf. framlegg til vedtak VI.
Kap. 1139 Genressursar, miljø- og ressursregistreringar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
21 | Spesielle driftsutgifter, Svalbard globale frøhvelv | 11 150 | ||
50 | Miljøregistreringar i skog | 4 550 | ||
70 | Tilskott til bevaring og berekraftig bruk av husdyr-, plante- og skogtregenetiske ressursar, kan overførast | 7 040 | ||
71 | Tilskott til genressursforvaltning og miljøtiltak, kan overførast | 39 273 | 30 081 | 8 626 |
Sum kap. 1139 | 39 273 | 30 081 | 31 366 |
Post 21 Spesielle driftsutgifter, Svalbard globale frøhvelv
Formål med løyvinga
Løyvinga skal dekkje drift av Svalbard globale frøhvelv, under dette husleige, driftsutgifter, koordinering av frømottak og informasjon til depositørar og til omverda. Det globale tryggingslageret for frø på Svalbard har god oppslutning frå genbankane i verda. Landbruks- og matdepartementet har inngått avtale både med internasjonale jordbruksforskningssentre, nasjonale frøbevaringsinstitusjonar og private frøsamlingar om langsiktig sikringslagring av deira frø på Svalbard. Internasjonale aktørar, det internasjonale panelet for frøkvelvet og partsmøte i Den internasjonale plantetraktaten er viktige støttespelarar i drifta av frøkvelvet.
Rapportering 2021
Posten er ny frå 2023. For rapportering for 2021, sjå post 71.
Budsjettframlegg 2023
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 11,2 mill. kroner til drift av Svalbard globale frøhvelv. Løyvinga kan også nyttast til tiltak under Den internasjonale plantetraktaten.
Post 50 Miljøregistreringar i skog
Formål med løyvinga
Løyvinga skal dekkje utgifter til kunnskapsutvikling og metodeutvikling innanfor miljøregistreringar i skog. Registreringane skal leggje til rette for at skogbruket kan ta omsyn til biologisk mangfald og andre miljøverdiar ved berekraftig forvaltning av skogressursane.
Rapportering 2021
Posten er ny frå 2023. For rapportering for 2021, sjå post 71.
Budsjettframlegg 2023
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 4,6 mill. kroner. Løyvinga skal gå til vidare kunnskapsoppbygging omkring biologisk mangfald og miljøregistreringar i skogbruksplanlegginga gjennom prosjektet Miljøregistreringar i skog (MiS-prosjektet) ved Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO). Landbruksdirektoratet, som nasjonal fagstyresmakt, har ansvaret for verkemiddelbruken retta mot mellom anna skogbruksplanlegging med miljøregistreringar. NIBIO skal òg samle MiS-data og anna relevant miljøinformasjon frå ulike kjelder i karttenesta «Skogportalen», og tilpasse tenesta til næringa og offentleg forvaltning. Departementet, Landbruksdirektoratet og MiS-prosjektet ved NIBIO arbeider saman for å følgje opp resultata og erfaringane for å vidareutvikle opplegget for registreringane.
Post 70 Tilskott til bevaring og berekraftig bruk av husdyr-, plante- og skogtregenetiske ressursar, kan overførast
Formål med løyvinga
Løyvinga skal dekkje tilskott til bevaring og berekraftig utvikling og bruk av husdyr-, plante- og skogtregenetiske ressursar som har eller kan få verdi for mat og landbruk i Noreg, jf. Forskrift om tilskott til genressurstiltak. Midlane blir forvalta av Landbruksdirektoratet.
Rapportering 2021
Posten er ny frå 2023. For rapportering for 2021, sjå post 71.
Budsjettframlegg 2023
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 7,0 mill. kroner. Forskrift om tilskott til genressurstiltak opnar for å gi tilskott opp til tre år. Forskrifta har òg ein regel om at minst 25 pst. av tilskottet skal haldast tilbake til prosjektet er fullført og sluttrapport og sluttregnskap er godkjent. Det er difor knytt ei tilsegnsfullmakt til posten på 8,2 mill. kroner, jf. tabell 5.5 og framlegg til vedtak IV.
Tabell 5.5 Tilsegnsfullmakt for tilskott til genressurstiltak i 2023. (i mill. kroner)
Ansvar 1.1.2022 | 8,3 | |
+ | Venta tilsegn i 2022 | 7,6 |
= | Sum | 15,9 |
- | Venta utbetalingar i 2022 | 8,5 |
= | Venta ansvar 31.12.2022 | 7,4 |
+ | Venta nye tilsegn i 2023 | 7,8 |
= | Sum | 15,2 |
Framlegg til løyving i 2023 | 7,0 | |
Tilsegnsfullmakt i 2023 | 8,2 |
Det er ei sentral målsetjing for bruken av midlane å sikre langsiktig bevaring av genetiske ressursar ved å stimulere til forpliktande eigeninnsats frå private, lokale og offentlege samarbeidspartnarar. I 2023 vil det òg bli lagt vekt på bevaring av skogtre og ville slektningar til kulturplanter i naturlege populasjonar i verneområde. Midlane skal òg bidra til å stimulere til auka bruk og næringsutvikling basert på dei genetiske ressursane, og i møte med nye utfordringar, til dømes klimaendringar.
Post 71 Tilskott til genressursforvaltning og miljøtiltak, kan overførast
Formål med løyvinga
Løyvinga skal dekkje støtte til tiltak innanfor målet om berekraftig bruk og eit sterkt vern av areal og ressursgrunnlag i landbruket. Løyvinga omfattar tiltak for å styrkje nasjonalt og internasjonalt arbeid med å ta vare på og sikre berekraftig bruk av genressursar i jord- og skogbruket.
Rapportering 2021
Det blei i 2021 nytta 39,3 mill. kroner i tråd med formålet med løyvinga.
Det blei innvilga 10,5 mill. kroner i tilskott til genressurstiltak fordelt på i alt 58 prosjekt. Dei fleste tilskotta gjekk til aktivitetar for å sikre genressursane på lang sikt. Døme på dette er tilskott til avlslag, bevaringsbesetningar og klonarkiv som tek hand om truga husdyrrasar, og plante- og skogtregenetiske ressursar i samarbeid med Norsk genressurssenter. Det blei òg gitt støtte til drifta av genbanken for verpehøns på Hvam, der dei tidlegare kommersielle verpehønslinene er bevarte i ein levande genbank. Det blei vidare gitt tilskott til prosjekt for å sjå på ein informasjonsstrategi for mjølkeproduksjon på bevaringsverdige mjølkeferasar og til genetisk karakterisering av gamle eplesortar ved hjelp av DNA-analysar ved NIBIO Ullensvang, som også er eit klonarkiv. Det blei òg gitt tilskott til demonstrasjons- og oppformeringsfelt for gamle kornsortar.
Løyvinga blei òg nytta til drift av Svalbard globale frøhvelv, under dette mellom anna husleige og driftsutgifter til Statsbygg, driftsutgifter til NordGen for arbeid med deponering av frø, arbeid med informasjon og styrkt driftssikkerheit. Svalbard globale frøhvelv er etablert for å sikre at den globale matforsyninga i framtida kan dra nytte av det store genetiske mangfaldet innan matplantene våre. Særskilde vekstar av stor verdi for den globale matforsyninga, er sikra i kvelvet. Kvelvet husar sikkerheitskopiar av frø frå heile verda. 22 institusjonar la til saman inn 50 926 nye frøprøver i 2021. Ved utgangen av 2021 inneheld kvelvet 1 125 419 sikkerheitskopiar som er lagra av 89 institusjonar verda over. Frølageret er eit viktig bidrag frå Noreg til det internasjonale samarbeidet for bevaring av genetiske ressursar for mat og landbruk.
Det blei utbetalt vel 1 mill. kroner til Den internasjonale plantetraktaten sitt fond for nyttefordeling (Benefit Sharing Fund) over posten. Det svarar til 0,1 pst. av verdien av omsett såvare i Noreg i 2020.
Departementet gav òg støtte til prosjektet Miljøregistreringer i Skog (MiS), som gir eit fagleg fundament for eit standardisert og godt dokumentert opplegg for registrering av areal som er spesielt viktige for biologisk mangfald i skog. Det blei løyvd 4,55 mill. kroner til dette arbeidet. Miljøregistreringane, som no er basert på klassifiseringssystemet Natur i Norge (NiN), gir grunnlag for miljøomsyn i skogbruket, for miljøsertifiseringa i skogbruket, og blir nytta av skogeigarane for å finne område som kan vere aktuelle for frivillig vern. Meld. St. 6 (2016–2017) Verdier i vekst – Konkurransedyktig skog- og trenæring la vekt på auka avverking i skogen. Samtidig blei det lagt vekt på å styrkje varetakinga av miljøomsyn i skogbruket gjennom mellom anna, saman med skognæringa, å greie ut kva for tiltak som eigner seg best for auka varetaking av nøkkelbiotopar. Departementet la våren 2021 fram ein rapport utarbeidd av Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet i kontakt med skogeigarorganisasjonane. Rapporten peika på fleire igangverande og nye tiltak for auka ivaretaking av nøkkelbiotopar, nokre av dei i regi av skogeigarane sine organisasjonar, nokre i regi av forskinga i MiS-prosjektet, og nokre i regi av departementet og Landbruksdirektoratet. Skogeigarane har frivillig sett til side over 71 000 større og mindre nøkkelbiotopar frå ordinært skogbruk – i hovudsak som ikkje-hogst-område. Nøkkelbiotopane er vurdert å ha eit ståande tømmervolum på rundt 10 mill. kubikkmeter i hogstklasse 4 og 5.
Norsk Fjordhestsenter og Nasjonalt senter for nordlandshest/lyngshest fekk til saman tildelt 4,9 mill. kroner. Sentera har ansvar for å fremje dei to nasjonale rasane fjordhest og nordlandshest/lyngshest. Det blir fødd urovekkjande få føl av dei nasjonale rasane, og denne tendensen har vart i ein del år. Fjordhest og nordlandshest/lyngshest har hatt stabile eller svakt aukande bedekningstal dei seinare åra, og nordlandshest/lyngshest har auka bruken av unge hingstar i avlen. Fjordhest og nordlandshest/lyngshest har ei stabil innavlsutvikling over ganske lang tid og ser ut til å halde denne trenden ved lag. Fagutvalet for avl og bevaring av nasjonale hesterasar leverer årleg ei tilråding til departementet om oppfølging av handlingsplan for bevaring, til støtte for dei prioriteringane av midlar som departementet gjer.
Over posten blei det òg løyvd 0,4 mill. kroner til Stiftinga Det norske arboret til arbeidet med samlingar av tre og buskar som eignar seg for norske forhold, og til formidlingsverksemd.
Stiftinga Norsk Hjortesenter fekk tildelt 1,1 mill. kroner for å halde fram som kompetansesenter for hjort – både viltlevande og i oppdrett.
Budsjettframlegg 2023
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 8,6 mill. kroner til tilskott til genressursforvaltning og miljøtiltak. Fordeling av løyvinga på tiltak går fram av tabell 5.6. Tilskott til genressurstiltak, drift av Svalbard globale frøhvelv og prosjektet Miljøregistreringer i skog er frå 2023 budsjettert på andre postar.
Tabell 5.6 Tilskott til genressursforvaltning og miljøtiltak (i 1 000 kroner).
Tiltak | Budsjett 2022 | Budsjett 2023 |
---|---|---|
Genressurstiltak | 7 040 | - |
Svalbard globale frøhvelv | 10 249 | - |
Genressursforvaltning, inkl. Nordisk genressurssenter (NordGen) | 1 850 | 1 802 |
Prosjektet Miljøregistreringer i skog (MiS-prosjektet) | 4 550 | - |
Nasjonalt senter for nordlandshest/lyngshest og Norsk Fjordhestsenter | 4 947 | 4 948 |
Stiftinga Det norske arboret | 445 | 410 |
Kommunale jordvernstrategiar | 1 000 | 1 466 |
Sum genressursforvaltning og miljøtiltak | 30 081 | 8 626 |
Arbeidet som blir finansiert over denne posten, bidreg til å oppfylle Noregs bidrag til FNs mål for berekraftig utvikling og følgjer opp Nasjonal strategi for bevaring og berekraftig bruk av genetiske ressursar for mat og landbruk: Forråd av gener – muligheter og beredskap for framtidas landbruk.
Departementet vil aktivt følgje opp samarbeidet under Nordisk ministerråd og i NordGen, mellom anna det nordiske samarbeidet om frøforedling, som er eit viktig langsiktig tiltak for å utvikle klimatilpassa plantemateriale. Innanfor NordGen er den faglege verksemda knytt til husdyr og skogtre lokalisert i Noreg. Det er eit mål å utnytte synergieffektar som ligg i samlokalisering med Norsk genressurssenter.
Departementet vil føre vidare tilskott til Norsk Fjordhestsenter og Nasjonalt senter for nordlandshest og lyngshest, mellom anna til oppgåver dei utfører i samarbeid med raselaga for å fremje og vareta dei to nasjonale rasane fjordhest og nordlandshest/lyngshest.
Departementet vil føre vidare eit driftstilskott til Det norske arboret. Arboretet fyller viktige funksjonar knytt til forsking og undervisning innanfor landbruksrelatert plantekunnskap.
Ordninga med tilskott til kommunale jordvernstrategiar blei etablert i 2022 og er forankra i den nasjonale jordvernstrategien, jf. Prop. 200 S (2020–2021). Det er hausta positive erfaringar med ordninga, og departementet legg til opp til å føre ordninga vidare med ei styrkt ramme.
Kap. 1140 Haustbare viltressursar – forvaltning og tilskott til viltformål (Viltfondet) m.m.
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
01 | Driftsutgifter | 14 713 | 14 829 | 13 129 |
21 | Spesielle driftsutgifter | 25 544 | 27 183 | 32 683 |
71 | Tilskott til viltformål, kan overførast | 35 389 | 35 278 | 36 778 |
Sum kap. 1140 | 75 646 | 77 290 | 82 590 |
Om løyvingane under kap. 1140
Kapittelet omfattar utgifter til tiltak innanfor viltforvaltninga. Midlane under kap. 1140 er primært retta mot målet om auka verdiskaping under Landbruks- og matdepartementet, og resultatområda naturmangfald og friluftsliv under Klima- og miljødepartementet.
Kvart år betaler jegerane inn jeger- og fellingsavgifter til Viltfondet. Desse midlane blir inntektsførte på kap. 5576 Sektoravgifter under Landbruks- og matdepartementet, post 72 Jeger- og fellingsavgifter, og blir nytta til tiltak som fremjar viltforvaltninga, jf. viltlova § 43.
Inntektsløyvingane over kap. 5576 finansierer utgifter over kap. 1140, post 01, 21 og 71 under Landbruks- og matdepartementet, utgifter til tilskottsforvaltning over kap. 1420, post 01, under Klima- og miljødepartementet og utgifter til nasjonal jaktstistikk i SSB over kap. 1620, post 01 under Finansdepartementet. For nærare omtale av avgiftene og forholda mellom kap. 1140, 1420, 1620, 5576 og inntektene til Viltfondet, sjå kap. 5576.
Løn og godtgjersler til fast tilsette innanfor det statlege verksemdsområdet blir ikkje dekte over kap. 1140, men over kap. 1100 Landbruks- og matdepartementet, kap. 1420 Miljødirektoratet og kap. 525 Statsforvaltarane.
Bruken av midlane i Viltfondet blir drøfta med representantar for brukarinteressene. Dette må sjåast i samanheng med at arbeidet med konkrete tiltak i mange tilfelle krev innsats frå dei frivillige organisasjonane, og at dei sentrale ledda i desse organisasjonane skal kunne ha synspunkt på disponeringa.
Løyvingane skal nyttast til oppgåver under Landbruks- og matdepartementet når tiltaka er retta mot dei haustbare viltartane, men òg til oppgåver under Klima- og miljødepartementet når tiltaka er retta mot artar som ikkje er rekna som haustbare. Landbruks- og matdepartementet stiller årleg midlar til ikkje-haustbare artar til disposisjon for Klima- og miljødepartementet. Budsjettmidlane blir fordelte mellom haustbare og ikkje-haustbare artar basert på erfaringstal.
Post 01 Driftsutgifter
Formål med løyvinga
Løyvinga skal dekkje utgifter til løn og godtgjersler for dei statlege villreinnemndene og andre driftsutgifter knytte til viltforvaltninga, som det nasjonale Jegerregisteret i Brønnøysund, utarbeiding av jaktstatistikk og utvikling og drift av betalingstenesta for jegeravgifta. Midlane under posten er i hovudsak retta mot dei haustbare viltressursane.
Rapportering 2021
Det blei i 2021 nytta 14,7 mill. kroner i tråd med formålet med løyvinga. Villreinnemndene arbeider for ei langsiktig og berekraftig forvaltning av villrein og leveområda deira. Arbeidet i villreinnemndene er ført vidare. For enkelte av nemndene krev skrantesjuka auka innsats. Arbeidet i Jegerregisteret held fram og blir utvikla vidare gjennom fleire digitaliserte tenester.
Budsjettframlegg 2023
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 13,1 mill. kroner. Midlar til nasjonale statistikkoppgåver i SSB er med verknad frå 2023 budsjettert under Finansdepartementet, jf. kap. 5576, post 72.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Formål med løyvinga
Løyvinga skal dekkje utgifter til faglege prosjekt og oppdrag som blir sikra gjennomførte av Miljødirektoratet. Midlane under posten er retta mot større nasjonale tiltak, mellom anna kjøp av tenester. Der regionale eller sentrale styresmakter set i verk oppdrag hos andre, eller kjøper tenester der det er krav om ulike leveransar, skal utgiftene dekkjast over post 21. Det gjeld mellom anna nasjonale overvakingsprogram, digitaliseringsprosjekt, forsking og utgreiing.
Rapportering 2021
Det blei i 2021 nytta 25,5 mill. kroner i tråd med formålet med løyvinga. Utgifter til drift og utvikling av Hjorteviltregisteret blir dekte over denne posten. Hjorteviltregisteret er bygd opp for å sikre opplysningar om jegerobservasjonar og felte dyr under jakt. Kommunen er pålagd å nytte dette i si forvaltning og rapportering av data til statistiske formål, mellom anna til SSB. Registeret er òg sentralt i formidling av data om skrantesjukeanalysar. Data frå bestandsovervakingsprogrammet for hjortevilt blir lagra i registeret. Her blir òg informasjon om alle fallvilt-tilfelle lagra, mellom anna viltpåkøyrsler på veg og bane. Utgifter til ulike forskingsprosjekt på haustbare artar i regi av forskingsinstitusjonar er ført på post 21, i tillegg til drift av program for bestandsovervaking av hjortevilt og helseovervaking av vilt. Arbeidet med å digitalisere jegerdokumentasjonen held fram i dialog med brukarinteressene.
Budsjettframlegg 2023
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 32,7 mill. kroner, som er ein auke på 1 mill. kroner. Auken er knytt til auka inntekter i Viltfondet, som mellom anna vil bli nytta til vidareføring av digitaliseringsprosjekt innanfor jegerdokumentasjon og arbeidet med viltpåkøyrsler. Løyvinga i 2023 skal prioriterast til nasjonale overvakingsprogram innanfor vilthelse og -bestandar, drift og utvikling av Hjorteviltregisteret, og naudsynt forsking og utvikling. Hjorteviltregisteret er sentralt for ivaretaking og bruk av data om hjortevilt, både for kommunar og andre. Løyvinga må òg sjåast i samanheng med midlane som blir tildelte som tilskott under post 71.
Post 71 Tilskott til viltformål, kan overførast
Formål med løyvinga
Midlane under posten er retta mot auka næringsutvikling og oppbygging av kunnskapsgrunnlaget for forvaltning av viltressursane. Målet for tilskottsordninga er å medverke til at det blir eit haustingsverdig overskott av vilt, og til å ta vare på produktiviteten og mangfaldet i naturen regionalt og nasjonalt. Tiltaka som blir sette i verk skal gi betre kunnskap om artar og bestandar og korleis dei kan haustast på beste måten.
Det kan bli gitt tilskott innanfor område som jakt og jaktmoglegheiter, viltkartlegging, innarbeiding av leveområde for vilt og viltinteresser i kommunale planar etter plan- og bygningslova, samarbeid om viltforvaltninga lokalt og oppretting og drift av lokale samarbeidsråd, forskings- og studentoppgåver og andre særleg prioriterte viltformål. Søknader om tilskott til tiltak som inngår som ein del av eit planbasert arbeid, blir prioriterte.
Innanfor desse rammene skal posten dekkje tiltak i samband med forvaltning av hjortevilt, under dette tiltaksretta undersøkingar, metodeutvikling, tilskott til praktiske tiltak, medverknad til å løyse oppgåver og stimulerings- og informasjonstiltak i regi av organisasjonar og andre.
Vidare skal posten dekkje tiltak i villreinforvaltninga som drift av villreinområda, teljing av bestandar, overvaking, styrking av oppsyn og registrering i villreinområda, og utvikling av driftsplanar. Innbetalte fellingsavgifter skal førast tilbake til det enkelte villreinområdet, og midlane skal disponerast av villreinnemnda.
Midlar under posten kan òg gå til tilskott til vilttiltak og prosjekt i regi av regionale og landsomfattande organisasjonar, og lokale vilttiltak og utviklingstiltak som er naudsynte for seinare å kunne setje i verk praktiske tiltak i distrikta. I tillegg er tilskottsmidlane som fylkeskommunane nyttar til haustbart vilt førte under denne posten. Den enkelte fylkeskommune kan etter søknad gi midlar til praktiske tiltak knytte til desse artane. Det vil òg kunne tildelast tilskott til sentrale organisasjonar som utfører oppgåver for viltforvaltninga. Fleire av dei store landsdekkjande organisasjonane utfører eit omfattande frivillig arbeid innanfor viltforvaltninga.
I tillegg skal posten dekkje utgifter til overvaking for å sikre kontinuerleg oversikt over bestandsstatus og utvikling av artar og grupper av viltartar. Overvakingsprosjekta skal gi eit årleg oppdatert datagrunnlag for å setje i verk sentrale, regionale og lokale tiltak for forvaltning og justering av verkemiddel og avdekkje kunnskapsbehov.
Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at mottakarane av tilskott leverer sluttrapportar, rekneskap og eventuelt framdriftsrapportar med rekneskap. Det blir gjort ein formalia- og sannsynskontroll av rapportane og rekneskapane. Den faktiske verknaden av tilskotta kan ikkje vurderast frå år til år, men må vurderast i eit langsiktig perspektiv og i samanheng med andre verkemiddel og årsaksforhold.
Rapportering 2021
Det blei i 2021 nytta 35,4 mill. kroner i tråd med formålet med løyvinga. Løyvingane blei i 2021 nytta om lag som tidlegare år. For 2021 blei det levert 615 søknader i Miljødirektoratets elektroniske søknadssenter. Av desse var 117 stila til Miljødirektoratet, mens resten blei handsama regionalt. Nokre søknader er sende fleire mottakarar. Det blei gitt tilskott til dei fleste aktørar og grupperingar som arbeider med viltforvaltning. Ordninga med elektronisk innlevering av søknader fungerer godt, og ordninga fører til støtte til ulike tiltak i regi av enkeltpersonar, organisasjonar og lag. Løyvingane over posten har òg gjort det mogleg at søkjarar kan medverke i prosjekt der andre har ansvar for hovudfinansieringa, til dømes prosjekt under Noregs forskingsråd. Ordninga er vidare nytta til støtte til studentar som har gjennomført prosjekt med fagleg relevans for viltforvaltninga.
Det er eit mål at resultata frå bruken av tilskottsmidlane skal bli tilgjengelege for alle interesserte, og slik auke kunnskapen om og spreiinga av vellukka former for tiltak. Rapportar frå prosjekt og oppnådde resultat er tilgjengelege under søknadsarkiv i Miljødirektoratets elektroniske søknadssenter. Løyvingane til tilskott og handsaminga av den enkelte søknaden skal samla sett underbyggje dei nasjonale måla. Ettersom det er fleire ulike styresmakter og mange tiltakshavarar, vil det vere ei stor breidd i type tiltak og kva ein kan oppnå på eitt enkelt år. Det er for ein stor del dei same som betaler avgift som nyttar høvet til å søkje om tilskott, og som nyttar resultata. Dette fører til ein god samanheng mellom tiltakstypar og årlege behov for resultat. Ressurstilgangen samla sett er vurdert til å vere tilstrekkeleg i forhold til dei prioriterte tiltaka. Dei som nyttar tilskottsordningane eller resultata har eigeninteresse i å oppnå dei nasjonale måla, ettersom måloppnåinga er naudsynt for å kunne halde oppe haustinga og ha eit tilstrekkeleg kunnskapsunderlag for forvaltninga.
Budsjettframlegg 2023
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 36,8 mill. kroner.
Kap. 1141 Haustbare viltressursar – jegerprøve, tilskott til organisasjonar m.m.
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
23 | Jegerprøve m.m., kan overførast | 3 786 | 3 701 | 4 071 |
75 | Organisasjonar – haustbare viltressursar | 6 889 | 8 013 | 8 876 |
Sum kap. 1141 | 10 675 | 11 714 | 12 947 |
Post 23 Jegerprøve m.m., kan overførast
Formål med løyvinga
Løyvinga skal dekkje drift av ordninga med den obligatoriske jegerprøva.
Rapportering 2021
Det blei i 2021 nytta 3,8 mill. kroner i tråd med formålet med løyvinga. Gebyrinntektene frå kap. 4141, post 01, dekkjer utgiftene under posten, som til dømes vedlikehald av undervisningsmateriell, utdanning av jegerprøveinstruktørar, drift av e-læring, eksamensordninga og elektronisk betalingsløysing for eksamensgebyret og vidareutvikling av jegerprøva.
Budsjettframlegg 2023
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 4,1 mill. kroner til å drifte den obligatoriske jegerprøva. Løyvinga på posten kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4141, post 01, jf. framlegg til vedtak II.
Post 75 Organisasjonar – haustbare viltressursar
Formål med løyvinga
Løyvinga skal dekkje tiltak som fremjar jaktbasert friluftsliv, og andre tiltak som kan gi grunnlag for auka næringsutvikling og verdiskaping basert på haustbare viltressursar og viltkjøtt.
Rapportering 2021
Det blei i 2021 nytta 6,9 mill. kroner i tråd med formålet med løyvinga.
Det blei nytta 2,0 mill. kroner til tilskott til tiltak som kan gi barn og unge auka forståing for bruk av utmarksressursane. Det kom til saman 59 søknader om tilskott i 2021. Samla blei det søkt om 6,4 mill. kroner. 18 søknader blei heilt eller delvis innvilga, og heile tilskottsramma blei brukt. Fleire av søkjarane har meldt frå at dei hadde problem med å gjennomføre tiltaka fullt ut i 2021 på grunn av restriksjonar knytte til koronapandemien. Desse har fått utsett gjennomføringsfrist til hausten 2022. Ordninga fører til at mange barn og unge får eit godt innblikk i kva utmarksressursane inneber.
Vidare blei det gitt eit tilskott til Norges Jeger- og Fiskerforbund sine aktivitetar knytte til jakt og fangst på haustbare viltressursar.
Budsjettframlegg 2023
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 8,9 mill. kroner. Fordeling av løyvinga på tiltak går fram av tabell 5.7.
Tabell 5.7 Fordeling av midlar på kap. 1141, post 75, for 2023 (i 1 000 kroner)
Tiltak | Budsjett 2022 | Budsjett 2023 |
---|---|---|
Tiltak for barn og unge – bruk av utmarksressursar | 2 028 | 2 015 |
Norges Jeger- og Fiskerforbund | 4 861 | 4 861 |
Stiftinga Norsk Hjortesenter | 1 124 | 2 000 |
Sum kap. 1141, post 75 | 8 013 | 8 876 |
Departementet vil føre vidare tilskott til tiltak for å gi barn og unge auka forståing for bruk av utmarksressursane.
Departementet vil føre vidare eit tilskott til Norges Jeger- og Fiskerforbund sine aktivitetar knytt til jakt- og fangst på haustbare viltressursar. Forbundet sine aktivitetar på området er viktige for rekruttering til jakt- og fangst. Forbundet bidreg òg til informasjon og kunnskapsutvikling om vilt og viltforvaltning.
Departementet legg opp til ein auke i tilskottet til Stiftinga Norsk Hjortesenter. Norsk Hjortesenter bidreg til kunnskapsutvikling om hjort og foredling av viltkjøtt, som er til støtte for forvaltning og tiltak knytt til haustbare viltressursar. Norsk Hjortesenter skal arbeide vidare for at både viltlevande hjort og hjort i oppdrett og viltkjøtt kan gi grunnlag for auka næringsutvikling og verdiskaping generelt og i landbruket spesielt.
Kap. 4141 Haustbare viltressursar – jegerprøve, tilskott til organisasjonar m.m.
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
01 | Jegerprøve, gebyr m.m. | 3 753 | 3 701 | 4 071 |
Sum kap. 4141 | 3 753 | 3 701 | 4 071 |
Post 01 Jegerprøve, gebyr m.m.
Formål med løyvinga
Gebyrinntektene skal dekkje dei tilsvarande utgiftene under kap. 1141, post 23, til å drifte ordninga med jegerprøva, jf. forskrift 2. april 2002 nr. 313 om utøving av jakt, felling og fangst.
Rapportering 2021
I 2021 var det til saman 11 464 eksamensgjennomføringar, noko som var ein auke på 1 015 frå året før. Det kan sjå ut som kursaktiviteten no er aukande etter to år med mange avlyste kurs som følgje av koronapandemien, sjå kap. 1141, post 23.
Budsjettframlegg 2023
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 4,1 mill. kroner. Kvar kursdeltakar som gjennomfører jegerprøveeksamen må betale eit eksamensgebyr per eksamensforsøk. Jegerprøvegebyret blei sist endra i 2021. Departementet gjer framlegg om å justere gebyret frå 330 kroner til 360 kroner per eksamensforsøk i 2023. Gebyrinntektene skal dekkje dei tilsvarande utgiftene under kap. 1141, post 23, til å drifte ordninga med jegerprøva. Kap. 1141, post 23, kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. framlegg til vedtak II.
Kap. 1142 Landbruksdirektoratet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
01 | Driftsutgifter | 244 075 | 241 144 | 245 034 |
21 | Spesielle driftsutgifter, beredskapslagring av korn | 20 000 | ||
45 | Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast | 9 650 | 12 051 | 12 051 |
50 | Arealressurskart | 7 630 | 7 592 | 7 583 |
60 | Tilskott til veterinærdekning | 175 149 | 179 494 | 184 229 |
70 | Tilskott til fjellstuer | 816 | 816 | 815 |
71 | Tiltak for berekraftig reindrift, kan overførast | 4 795 | 4 500 | 4 992 |
72 | Erstatningar ved ekspropriasjon og leige av rett til reinbeite, overslagsløyving | 475 | 520 | 520 |
73 | Tilskott til erstatningar m.m. etter offentlege pålegg i plante- og husdyrproduksjon, overslagsløyving | 13 374 | 55 610 | 55 610 |
74 | Kompensasjon til dyreeigarar som blir pålagt beitenekt | 1 000 | 1 000 | |
75 | Stønad til jordbruks- og veksthusnæringen for ekstraordinære straumutgifter, overslagsløyving | 1 124 000 | ||
76 | Tilskott til oppkjøp av mjølkekvoter | 174 928 | ||
77 | Tilskott til kompensasjon ved avvikling av pelsdyrhald, kan overførast | 155 369 | 1 470 000 | 470 000 |
78 | Tilskott til omstilling ved avvikling av pelsdyrhald, kan overførast | 19 754 | 15 520 | |
79 | Tilskott til opplæring av sesongarbeidarar i grøntnæringa | 8 411 | ||
80 | Radioaktivitetstiltak, kan overførast | 500 | ||
Sum kap. 1142 | 814 425 | 1 988 747 | 2 125 834 |
Post 01 Driftsutgifter
Formål med løyvinga
Hovudformålet med løyvinga er drift av Landbruksdirektoratet. Direktoratet er lokalisert i Oslo, Steinkjer og Alta.
Landbruksdirektoratet er eit utøvande forvaltningsorgan for dei sentrale landbrukspolitiske verkemidla og eit støtte- og utgreiingsorgan for Landbruks- og matdepartementet. Landbruksdirektoratet er òg sekretariat for mellom andre Omsetningsrådet, styret for Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt, styret for forskingsmidlar over jordbruksavtalen, styret for Utviklingsfondet for skogbruket, Klagenemnda for naturskadesaker, Reindriftsstyret, Marknadsutvalet for reinsdyrkjøtt og styret for Reindriftens utviklingsfond.
Hovudoppgåva til Landbruksdirektoratet er samordna, heilskapleg og effektiv forvaltning av økonomiske og juridiske verkemiddel retta mot primærlandbruket, landbruksbasert næringsmiddelindustri og handel. Verkemidla på området, som Landbruksdirektoratet skal forvalte i samsvar med lov, forskrift og/eller regelverk for ordningane, skal bidra til god måloppnåing innanfor hovudmåla for landbruks- og matpolitikken. Landbruksdirektoratet skal gjennom kontroll og oppfølging av avvik bidra til å sikre at verkemidla blir forvalta trygt og effektivt i samsvar med regelverket. Direktoratet har vidare oppgåver innanfor samfunnstryggleik og beredskap som omfattar handtering av hendingar og kriser på områda matforsyning, reindrift, skog, natur- og avlingsskade.
Landbruksdirektoratet skal ha oversikt over utviklingstrekk i ressursgrunnlaget og heile verdikjeda, bidra til erfaringsutveksling med næringa og samarbeid med anna forvaltning, ha god kunnskap om resultatoppnåing opp mot gjeldande politiske mål og gi innspel til departementet om utvikling av verkemiddel, under dette forenkling. Landbruksdirektoratet skal drive formidling av fag- og forvaltningskompetanse og av landbruks- og matpolitikk til regional og lokal forvaltning.
Landbruksdirektoratet skal samarbeide med statsforvaltaren for å bidra til god lov- og tilskottsforvaltning på regionalt og lokalt nivå, mellom anna kontroll.
Landbruksdirektoratet har desse forvaltningsområda:
areal, skogbruk, ressursforvaltning og økologisk landbruk
reindrift
inntekts- og velferdspolitiske tiltak
marknadstiltak, handel og industri
digitalisering og organisasjon
Rapportering 2021
Det blei i 2021 nytta 244,1 mill. kroner i tråd med formålet med løyvinga.
Sjølv om arbeidskvardagen i 2021 var prega av koronapandemien, har direktoratet halde oppe det same nivået på tenesteleveransane. Oppgåvene innan samfunnstryggleik og beredskap kravde òg i 2021 auka merksemd og innsats. Direktoratet rapporterte regelmessig om marknads- og forsyningssituasjonen til Landbruks- og matdepartementet. Dei tiltaka som blei sette i verk, har bidrege til å halda oppe ei stabil og sikker matforsyning.
Direktoratet la i 2021 vekt på å utvikle vidare verksemda og tenestene direktoratet forvaltar. I 2021 leverte Landbruksdirektoratet eit omfattande utgreiingsmateriale til jordbruksoppgjeret og forhandlingane om reindriftsavtalen. Direktoratet la mellom anna fram ein rapport om bruk av norske fôrressursar til jordbruksoppgjeret. Direktoratet har òg vore ein sentral bidragsytar i ulike utval og arbeidsgrupper.
I 2021 har Landbruksdirektoratet arbeidd med å ta vare på den landbruksfaglege sida (husdyr og reindrift) av den todelte målsetjinga i rovviltpolitikken. Direktoratet har delteke i dei ulike kontaktforuma på nasjonalt nivå og gav fråsegn til fleire forvaltningsplanar for rovviltregionane. Landbruksdirektoratet etablerte òg eit nettverk for rovviltforvaltning og beitebruk for statsforvaltarane sine landbruksavdelingar.
Landbruksdirektoratet har ansvaret for forvaltning av erstatnings- og kompensasjonsordningar etter avvikling av hald av pelsdyr. I juni 2021 vedtok Stortinget nye reglar for erstatning til pelsdyroppdrettarar. Desse blei gjort gjeldande i mars 2022. Gjennom informasjonstiltak på dette området har Landbruksdirektoratet etablert ein god dialog med statsforvaltarane.
I mai 2021 blei midlertidig forskrift om tilskott til opplæring av arbeidstakarar i sesongbasert arbeid i grøntnæringa fastsett. Landbruksdirektoratet fekk ansvaret for å forvalte ordninga. Totalt blei det utbetalt i overkant av 8,4 mill. kroner for nærare 1 300 arbeidstakarar gjennom ordninga. Ordninga gjaldt berre for perioden 14. mai til 31. desember 2021. Forskrifta er no oppheva.
Arbeidet med å sikre at reintalet er tilpassa beitegrunnlaget, blei ført vidare i 2021. Reintalet i Finnmark krev enno tett og aktiv oppfølging. Reindriftsstyret har fastsett nytt øvre reintal i fire reinbeitedistrikt i Finnmark. Det blei fatta vedtak om reduksjon av reintal i tre av desse reinbeitedistrikta. Statsforvaltaren i Troms og Finnmark har teke i bruk reindriftsloven § 60, femte ledd, og låst reintalet for siidaandelane i tre reinbeitedistrikt.
I 2021 blei det jobba med å styrkje kriseberedskap i reindrifta. Landbruksdirektoratet har utvikla den koordinerande rolla i beredskapsarbeidet.
Landbruksdirektoratet har fleire verkemiddel som bidreg til å sikre matforsyninga og stabile prisar. Gjennom importvern og tollnedsetjing har Landbruksdirektoratet lagt til rette for avsetnad av norsk produksjon, samstundes som det er lagt til rette for supplerande import og oppfylling av internasjonale forpliktingar.
For første gong blei matsvinnet i jordbrukssektoren målt. Dette gjeld matsvinn som oppstår i primærleddet frå plantar blir hausta og dyr blir slakta. Målet er å halvere matsvinnet per innbyggjar innan 2030. Den første statistikken for matsvinn i jordbrukssektoren blei lagd fram av Landbruksdirektoratet hausten 2021 og viser matsvinnet i 2020.
Landbruksdirektoratet har ei rådgivande og rettleiande rolle på jordvernområdet. I 2020 og 2021 deltok Landbruksdirektoratet i eit tverrsektorielt prosjekt om disponering av ikkje-forureina jord og stein. Arbeidet blei sluttført i september 2021. Direktoratet gav òg råd og innspel i samband med revisjon av den nasjonale jordvernstrategien.
På oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet vurderte og rådde Riksantikvaren, Miljødirektoratet og Landbruksdirektoratet hausten 2021 til at fem nye område kan bli innlemma i ordninga for utvalde kulturlandskap i løpet av 2022 og 2023. Departementa ga si tilslutning til denne tilrådinga, og i 2023 blir det totalt 51 område som har status som utvalde kulturlandskap.
Landbruksdirektoratet har i 2021 satsa målretta på auka forynging av skog, i tillegg til miljø- og klimatiltak. På grunn av pandemien og mangel på utanlandsk arbeidskraft blei det som i 2020 også innført eit ekstraordinært plantetilskott i 2021.
Landbruksdirektoratet samarbeider med miljøforvaltninga på eit breitt område i areal- og miljøsaker. Saman med Miljødirektoratet og Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) leverte direktoratet i 2021 ei utgreiing om gjødsling av skog. Vidare leverte direktoratet saman med Miljødirektoratet ei utgreiing om skogvern og konsekvensar for avverkinga, og skognæringa sitt bidrag til det grøne skiftet. Saman med Miljødirektoratet blei det òg levert ei utgreiing om utanlandske treslag. Det blei utarbeidd forslag til nye forskrifter om utsetjing av utanlandske treslag til skogbruksformål.
I 2021 har direktoratet levert ei utgreiing av forslag til fordelingsnøkkel for Regionale miljøprogram (RMP) og forslag til implementering av klimarådgiving i RMP. Direktoratet starta i 2021 opp arbeidet med rullering av Nasjonalt miljøprogram og Instruks for regionale miljøprogram for ein ny fireårsperiode.
Landbruksdirektoratet har i 2021 hatt eit omfattande arbeid på vassmiljøområdet. Direktoratet har følgt opp og delegert myndigheit til statsforvaltarane om å fastsetje regionale miljøkrav dersom det trengst for å nå vassmiljømåla. Direktoratet har òg vidareført samarbeidet for å følgje opp vassforskrifta: Nasjonal strategi for vassdragsrestaurering, heilskapleg plan for Oslofjorden og oppdatering av vassforvaltningsplanane for 2022–2027.
Vidare har direktoratet i 2021 vidareført arbeidet i sekretariatet for Regnskapsgruppa for oppfølging av klimaavtalen mellom regjeringa og jordbruksnæringa.
Digitalisering er eit strategisk satsingsområde, og direktoratet arbeider målretta for å sikre at digitaliseringa skal gi nytte for forvaltninga og landbruksnæringa.
I 2021 sette direktoratet i produksjon tre store digitaliseringsprosjekt; løysing for kvoteordninga for mjølk, løysing for importordningar og RÅK-tilskott og nye nettsider. Innreiserestriksjonar for utanlandsk arbeidskraft medførte at Landbruksdirektoratet på kort tid måtte utvikle ei ny digital løysing for å søkje om unntak frå innreiserestriksjonane for utanlandsk arbeidskraft til grøntsektoren, og ei digital teneste for tilskott til opplæring av arbeidstakarar.
Landbruksdirektoratet har ansvaret for drift av Landbruks- og matCERT som er miljøet til sektoren for handtering av kritiske IKT-hendingar, og inngår i det nasjonale responsmiljøet.
Landbruksdirektoratet har i 2021 halde fram med å forbetre arbeidet knytt til å vareta kontroll med tilskottsforvaltninga som er lagt til regional forvaltning, det vil seie kommunar og statsforvaltar. Direktoratet har arbeidd med oppfølging av Riksrevisjonens rapport etter revisjon av produksjonstilskott i 2019 knytt til den regionale forvaltninga. Funna i rapporten er brukte til å justere metodikk og til å klargjere ansvar og myndigheit i forvaltningskjeda.
Landbruksdirektoratet skal vareta kontrollen med statsforvaltaranes ansvar for den regionale tilskottsforvaltninga. Statsforvaltarane har ansvar for oppgåva med å ivareta kontroll med at kommunane etterlever instruksar og krav frå Landbruksdirektoratet knytt til tilskottsforvaltninga. Statsforvaltaren skal gjennom dette arbeidet sjå til at kommunane gjer oppgåvene sine med tilskottsforvaltninga på ein forsvarleg måte og har etablert tilstrekkeleg intern kontroll.
Nærare omtale av aktiviteten i Landbruksdirektoratet i 2021 finst i årsrapporten på www.landbruksdirektoratet.no. Det er utarbeidd separate årsrapportar for Landbrukets utviklingsfond (LUF) og Reindriftens utviklingsfond (RUF) for 2021.
Budsjettframlegg 2023
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 245,0 mill. kroner. Løyvinga skal dekkje driftsutgiftene til Landbruksdirektoratet. Løyvinga er redusert med 0,8 mill. kroner som følgje av endra jobbreisevanar etter pandemien. Departementet gjer òg framlegg om ei meirinntektsfullmakt mellom kap. 1142, post 01 og kap. 4142, post 01, jf. vedtak II.
Nedanfor følgjer ei nærare omtale av viktige oppgåver på dei enkelte forvaltningsområda i 2023.
Areal, skogbruk, ressursforvaltning og økologisk landbruk
Landbruksdirektoratet vil i 2023 føre vidare arbeidet med å bidra til eit berekraftig skogbruk og ein effektiv infrastruktur i skogen. På området klima- og miljøomsyn i skogbruket vil Landbruksdirektoratet prioritere analysar og utgreiing av tiltak som skal fremje ei god utnytting av skogressursen, varetaking av biologisk mangfald og som styrkjer bidraget til skogen i klimaarbeidet.
På området klima- og miljøomsyn i jordbruket vil Landbruksdirektoratet leggje til rette for auka og målretta gjennomføring av tiltak for å redusere klimagassutsleppa, slik som gjødslingstiltak, biogass og dyrkings- og driftspraksis med mål om å auke karbonbindinga i jorda. Landbruksdirektoratet vil støtte statsforvaltaren i regional og lokal oppfølging av vassforskrifta og vassforvaltningsplanane.
Landbruksdirektoratet vil vidare arbeide med implementering av Jordhelseprogrammet og å styrkje arbeidet med statistikk og analyse av miljøverkemidla.
Landbruksdirektoratet vil føre vidare samarbeidet med Miljødirektoratet på klima- og miljøområdet. Direktoratet vil bidra til at interessene til landbruket blir tekne vare på i saker knytte til naturmangfaldlova.
Det er behov for merksemd på jordvern på alle nivå for å ta vare på god matjord. Landbruks-direktoratet vil arbeide for at målsetjingar i den reviderte jordvernstrategien blir nådde, og vidareutvikle samarbeidet med NIBIO i denne samanhengen. Etableringa og forvaltninga av den nye ordninga med moglegheit for kommunane til å søkje om tilskott til utarbeiding av kommunale jordvernstrategiar, vil bidra til meir merksemd på jordvern. Arbeid med kulturlandskap vil òg vere ei viktig oppgåve for Landbruksdirektoratet i 2023. Direktoratet vil leggje til rette for at dei nye utvalde kulturlandskapa får på plass gode forvaltningsplanar.
Direktoratet vil òg følgje opp den nasjonale strategien for økologisk jordbruk og tiltaka i Økologiprogrammet.
Landbruksdirektoratet vil vareta dei landbruksfaglege interessene i rovviltpolitikken, og leggje til rette informasjon om ressursgrunnlaget og utviklinga i beitenæringane (husdyr og rein).
Landbruksdirektoratet vil ha stor merksemd på å forvalte det nye regelverket for kompensasjon etter avvikling av hald av pelsdyr. Lova blei fastsett 25. mars 2022.
I 2023 vil Landbruksdirektoratet arbeide for å sikre ei god og effektiv forvaltning av statens naturskadeordning.
Reindrift
Innrapportert samla reintal i Finnmark er no tilnærma på det nivået som er fastsett i bruksreglane. Landbruksdirektoratet vil i 2023 arbeide for å halde oppe grunnlaget for ei berekraftig reindrift ved å sikre eit stabilt reintal. Saman med statsforvaltaren vil direktoratet følgje opp dei siidaandelane som har auka reintalet utover det som er fastsett, ved å nytte føresegnene i reindriftslova. Landbruksdirektoratet vil vurdere behovet for offentleg kontrollerte teljingar på grunnlag av risikovurderingar frå statsforvaltarane.
Landbruksdirektoratet vil føre vidare arbeidet med å stimulere til best mogleg produksjon i reindrifta. For å ha kontroll med utviklinga i reindrifta vil Landbruksdirektoratet hente inn og gjere tilgjengeleg naudsynte grunnlagsdata frå totalregnskapet og melding om reindrift.
Arealbrukskartet er eit viktig verktøy for å synleggjere arealbruken til reindrifta. I 2023 vil Landbruksdirektoratet i samarbeid med NIBIO lage ei ny teknisk løysing for synleggjering av arealbruken svenske samebyar har i Noreg. Landbruksdirektoratet og NIBIO vil også samarbeide om å vidareutvikle den tekniske ajourhaldsløysinga i 2023.
Landbruksdirektoratet skal ha ei aktiv og koordinerande rolle i arbeidet med å vareta areala i reindrifta. Direktoratet skal leggje til rette for samordning mellom statsforvaltarane og i statsforvaltarane sitt arbeid opp mot kommune og fylkeskommune for å vareta målet om ei betre sikring av areala til reindrifta.
Digital løysing for innlevering av Melding om reindrift og søknad om tilskott til siidaandelar og reinlag er teken i bruk. Delen digitale brukarar av Melding om reindrift er i dag på om lag 80 pst. For søknad om tilskott er delen digitale brukarar noko lågare. I 2021 gjennomførte direktoratet ei konseptutgreiing for nye digitale ordningar for reindriftssystema. Det er behov for ei oppgradering av systema som ligg bak innleveringsløysinga, og digitalisere fleire ordningar på reindriftsområdet. Direktoratet har ferdigstilt nytt register for reinmerke i 2022. Direktoratet vil halde fram arbeidet med å digitalisere reindriftsforvaltninga i 2023.
Vidareutvikling av sjølvstyret i reindrifta står sentralt i arbeidet for å nå dei reindriftspolitiske måla. Direktoratet vil i nær dialog med departementet arbeide aktivt med ulike tiltak for å styrkje sjølvstyret og internkontrollen i reindrifta.
Landbruks- og matdepartementet ber om fullmakt til å overskride løyvinga under posten med opp til 0,5 mill. kroner ved forskottering av utgifter til tvangsflytting av rein, jf. framlegg til vedtak III.
Inntekts- og velferdspolitiske tiltak
Innspel til målretting, forvaltning, forenkling og kontroll av dei økonomiske verkemidla over jordbruksavtalen er viktige òg i 2023.
Landbruksdirektoratet vil i 2023 arbeide vidare med å styrkje grunnlaget for ei god forvaltning av produksjonstilskotta i jordbruket, tilskott til avløysing, husdyrkonsesjonsregelverket, pristilskotta, verkemidla til næringsutvikling og kompetanseutvikling. Landbruksdirektoratet vil med utgangspunkt i dei ordningane og satsingane direktoratet forvaltar på området, bidra i arbeidet med å styrkje landbruksbasert næringsutvikling.
Landbruksdirektoratet vil også i 2023 forvalte den mellombelse straumstønadsordninga for jordbruks- og veksthusnæringa.
Landbruksdirektoratet er sekretariat for to forskingsstyrer; styret for Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukter og styret for forskingsmidlar over jordbruksavtalen. Sekretariatet vil i 2023 føre vidare arbeidet med å leggje til rette for eit effektivt og velfungerande styrearbeid gjennom god saksførebuing og oppfølging av vedtak, for å sikre forsking av høg kvalitet til størst mogleg nytte for næringa.
Marknadstiltak, handel og industri
Landbruksdirektoratet vil i 2023 arbeide for å sikre ei god forvaltning av dei ulike marknadsordningane for jordbruksråvarer, der like konkurransevilkår for aktørane står sentralt.
Landbruksdirektoratet vil forvalte importvernet for landbruksvarer i tråd med unilaterale, bilaterale og multilaterale forpliktingar, der avsetnad for norske landbruksvarer er eit viktig mål.
Landbruksdirektoratet vil føre vidare arbeidet med faglege analysar og grunnlagsmateriale til bruk i internasjonale forhandlingar (WTO, EU, EFTA), og rapportering i samsvar med internasjonale forpliktingar.
Direktoratet vil halde fram med å følgje med på konkurransesituasjonen til den mest konkurranseutsette industrien som foredlar jordbruksråvarer (RÅK-industrien).
Landbruksdirektoratet vil følgje med på dei nasjonale og internasjonale marknadene for landbruksvarer, sørgje for å ha relevant og oppdatert informasjon om forsyningssituasjonen, analysere og rapportere om utviklinga.
Digitalisering og organisasjon
Landbruksdirektoratet vil utvikle vidare styringssystema i verksemda og halde fram arbeidet med å effektivisere verksemda og tenestene. Direktoratet satsar målretta på å styrkje kompetansen i verksemda med eit eige kompetanseprogram i perioden 2020–2025.
Digitaliseringsplanen i Landbruksdirektoratet skal bidra til prioriteringar av tiltak som gir nytte for brukarane, samarbeidspartnarane og direktoratet. I 2023 vil arbeidet med å digitalisere tenestene halde fram. Direktoratet har fått finansiering til fleire utviklingsprosjekt i 2023, mellom anna til modernisering av eStil RMP og eStil PT (systema for regionale miljøprogram og produksjonstilskott).
Arbeidet med tryggleik og beredskap vil vere eit viktig område òg i 2023.
Post 21 Spesielle driftsutgifter, beredskapslagring av korn
Formål med løyvinga
Formålet med løyvinga er å finansiere etablering av beredskapslagring av matkorn for å gi auka sikkerheit i forsyninga av matkorn til den norske marknaden.
Landbruksdirektoratet har på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet greidd ut beredskapslagring av matkorn. Departementet fekk rapporten 15. juni 2022, jf. Rapport 2022/14. Direktoratet legg til grunn at det er mest aktuelt med lagring tilsvarande 3–6 månaders forbruk.
Budsjettframlegg 2023
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 20,0 mill. kroner til etablering av ei ordning med beredskapslagring av matkorn tilsvarande 2–3 månaders forbruk. Nærare retningsliner må utformast før ordninga kan bli sett i verk. Landbruksdirektoratet skal utforme forslag til retningsliner som skal leggjast fram for departementet tidleg i 2023. Departementet tek sikte på etablering av beredskapslagring hausten 2023.
Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast
Formål med løyvinga
Løyvinga skal dekkje større utstyrskjøp og vedlikehald knytt til reindriftsforvaltninga. Løyvinga skal mellom anna dekkje utgiftene til oppfølging av Noreg sitt ansvar ved gjennomføringa av internasjonale avtalar, og til vedlikehald av grensegjerda mot Sverige. Posten skal vidare dekkje utgiftene til oppfølging av reinbeiteavtalar i Røros-regionen og til vedlikehald av gjerde i Hemsedal og Lærdal.
I tillegg skal posten dekkje eventuelle erstatningskrav frå finske og russiske styresmakter i samsvar med gjeldande reingjerdekonvensjon og avtalar.
Rapportering 2021
Det blei i 2021 nytta 9,7 mill. kroner i tråd med formålet med løyvinga.
Arbeidet med å byggje gjerde mot Finland i samsvar med konvensjonen om reingjerde mellom Noreg og Finland har vore delt inn i fire strekningar. I 2021 blei gjerdet på den fjerde delstrekninga ferdig. Det har oppstått ein tvist mellom Norge og Finland om plasseringa av gjerdet på finsk side, og partane er i ein prosess for å løyse tvisten. Uklarheitar som følgje av denne tvisten har gjort at gjerdet på finsk side ikkje er bygd og at ei mindre strekning på norsk side heller ikkje er ferdig innan fristen 1. januar 2022.
Norsk-finsk reingjerdekommisjonen har gjennomført to møte i 2021. NIBIO har utarbeidd ei kartløysing som viser konvensjonsgjerda mellom Noreg og Finland basert på data frå Noreg og Finland.
Det er betalt ut to erstatningskrav frå finske styresmakter for skade gjort av norsk rein i Finland.
Det er òg gjennomført kritisk vedlikehald av konvensjonsgjerda mot Sverige, Finland og Russland, og av gjerda i Røros-området og i Hemsedal og Lærdal.
Budsjettframlegg 2023
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 12,1 mill. kroner.
Løyvinga i 2023 skal nyttast til å ferdigstille arbeidet med konvensjonsgjerdet mot Finland, etter at tvisten mellom Noreg og Finland er løyst. Det er eit stort behov for vedlikehald av gjerde mot Russland, og dette skal prioriterast i 2023. Vidare skal arbeidet med nye fagsystem for reindriftsforvaltninga prioriterast.
Posten skal òg dekkje andre kostnader ved vedlikehald av gjerde, under dette gjerde i Røros-regionen.
Post 50 Arealressurskart
Formål med løyvinga
Over posten blir det gitt støtte til vedlikehald av eit arealressurskart (AR5) som gir næringsdrivande og forvaltninga tilgang til arealinformasjon av høg kvalitet.
Rapportering 2021
Det blei i 2021 nytta 7,6 mill. kroner i tråd med formålet med løyvinga.
Løyvinga er brukt til arbeidet med oppdatering og vedlikehald av arealressurskarta (AR5) hos NIBIO. Karta blir viste mellom anna i løysinga Gårdskart på nett og er viktige i samband med kontroll av tilskottsordningar.
Budsjettframlegg 2023
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 7,6 mill. kroner.
Post 60 Tilskott til veterinærdekning
Formål med løyvinga
Løyvinga skal bidra til tilfredsstillande tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell.
Tilskott til veterinærdekning har sidan 2008 blitt gitt som eit øyremerkt tilskott. Hovuddelen av posten har gått til klinisk veterinærvakt utanom ordinær arbeidstid.
Posten blir òg nytta til stimuleringstiltak for å bidra til tilfredsstillande tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell i næringssvake distrikt. I tillegg blir eit mindre beløp nytta til veterinærtenester på Svalbard.
Rapportering 2021
Det blei i 2021 nytta 175,1 mill. kroner i tråd med formålet med løyvinga.
Midlane til klinisk veterinærvakt er fordelte til kommunane. Eit mindre beløp har vore nytta til veterinærtenester på Svalbard. Tilskott til stimuleringstiltak har i hovudsak gått til driftsstøtte til veterinærar og til etableringsstøtte og etablering og drift av kommunale stillingar for veterinærar.
Budsjettframlegg 2023
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 184,2 mill. kroner.
Hovuddelen av framlegget til løyvinga på posten er tilskott til klinisk veterinærvakt utanom ordinær arbeidstid. I framlegget er det òg sett av midlar til kostnader med å administrere vakt for kommunane. Tilskotta blir fordelte til kommunane ut frå ei fastsett vaktinndeling. Landbruksdirektoratet deler midlane ut til kommunane.
Framlegget til løyving omfattar òg stimuleringstiltak som kommunane kan bruke til å sikre tilfredsstillande tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell i næringssvake distrikt. Midlane vil bli prioriterte til kommunar som har problem med å få stabil tilgang på veterinærtenester, og som legg planar for gode lokale løysingar. Departementet legg til grunn at om lag ein firedel av kommunane vil oppfylle kriteria for å kunne søkje om midlar frå denne delen av løyvinga. Eit mindre beløp kan tilsvarande brukast på Svalbard.
Tilstrekkeleg tilgang på veterinærtenester er viktig av omsyn til dyrehelse, dyrevelferd og mattryggleik, og for å kunne ha eit aktivt landbruk i heile landet. Departementet har sett ned ei arbeidsgruppe som skal gjennomgå tilgangen på veterinærtenester.
Post 70 Tilskott til fjellstuer
Formål med løyvinga
Formålet med løyvinga er å halde oppe tryggleiken i veglaust terreng for mellom andre reingjetarar. Departementet har i dag tre statseigde fjellstuer; Joatka, Mollisjok og Ravnastua. Fjellstuene blir drivne på kontrakt med Landbruksdirektoratet. Fjellstuene har plikt til å halde ope heile året.
Rapportering 2021
Det blei i 2021 nytta 0,8 mill. kroner i tråd med formålet med løyvinga.
I 2021 er det gitt tilskott til alle dei tre fjellstuene. I tillegg til det faste driftstilskottet blei det i 2021 òg gitt eit variabelt tilskott til innkjøp av naudsynt utstyr til fjellstuene.
Budsjettframlegg 2023
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 0,8 mill. kroner.
Post 71 Tiltak for berekraftig reindrift, kan overførast
Formål med løyvinga
Formålet med løyvinga er å finansiere ulike tilpassingar og tiltak for å leggje til rette for ei berekraftig reindrift. Reinteljing og oppfølging av godkjende bruksreglar er sentrale tiltak, i tillegg til kontrolltiltak retta mot grensekryssande reinbeite mellom Noreg og Sverige.
Auka kunnskap om produksjon og tap vil vere viktig, både for å dempe konfliktar og for ei berekraftig forvaltning av reindriftsnæringa. Kostnader knytte til slik kunnskapsutvikling blir dekte over posten. Utover dette er formålet med løyvinga å dekkje ei rekkje tiltak for å følgje opp både reindriftslova og grensereinbeitelova, overvakingsprogrammet for Finnmarksvidda, enkelte utviklings- og utgreiingskostnader og digitalisering av arealbrukskart for reindrifta.
Løyvinga skal dekke kostnader ved tiltak i reindriftsnæringa ved radioaktivitet nedfall. Regelverket for radioaktivitetstiltak i reindrifta er fastsett med bakgrunn i Tsjernobyl-ulykka, men vil bli tilpassa ved framtidige hendingar som gir radioaktivt nedfall. Regelverket blir fastsett etter dialog mellom avtalepartane, på same måte som forskriftene etter reindriftsavtalen.
Rapportering 2021
Det blei i 2021 nytta 4,8 mill. kroner i tråd med formålet med løyvinga.
Det er gjennomført teljing av rein i Trøndelag i driftsåret 2020/2021, i tillegg er utgifter til kontroll av svensk reinbeite i Noreg dekte over posten. Landbruksdirektoratet har i 2021 gjennomført ei konseptutgreiing av nye fagsystem for reindriftsforvaltninga, som skal liggje til grunn for det vidare arbeidet med å effektivisere reindriftsforvaltninga. NIBIO har gjennomført ei evaluering av prosessen med reintalsreduksjon, som er dekt over denne posten og ferdigstilt i 2021.
Budsjettframlegg 2023
Departementet gjer framlegg om at løyvinga på post 80 Radioaktivitetstiltak blir overført til post 71, slik at posten aukar med 0,5 mill. kroner i 2023. Departementet gjer på bakgrunn av dette framlegg om ei løyving på 5,0 mill. kroner på posten.
Løyvinga skal nyttast til kontroll og oppfølging av fastsett reintal og godkjende bruksreglar. Løyvinga skal òg nyttast til kontroll av grensekryssande beite og handheving av beitetider og bruk av beiteområde.
Frå 2023 skal løyvinga på posten òg dekkje tiltak ved radioaktivitet. Mattilsynet overvakar nivået for radioaktivitet, og fastset grenseverdiar for radioaktivitet i mellom anna reinkjøtt. Dersom nivået for radioaktivitet i reinkjøttet i eit område ligg over grenseverdien, kan det gis tilskott som kompensasjon for ekstrakostnader knytte til dette.
Det krev ekstra innsats å følgje opp distrikt der talet på rein ikkje er i samsvar med beiteressursane, og der talet på utøvarar er for høgt til at målet om økonomisk berekraft blir nådd. Oppfølginga inneber mellom anna at det skal leggjast til rette for fellestiltak for betre infrastruktur, og at det framleis skal stimulerast aktivt til auka slakting og omsetnad av reinkjøtt. Kva for tiltak som blir sette i verk og finansierte over posten, vil vere avhengig av mellom anna situasjonen i det enkelte distriktet og den gjeldande marknadssituasjonen.
Oppfølging av fastsett reintal og godkjende bruksreglar er, saman med kontrolltiltak retta mot grensekryssande reinbeite mellom Noreg og Sverige, prioriterte oppgåver i 2023.
Post 72 Erstatningar ved ekspropriasjon og leige av rett til reinbeite, overslagsløyving
Formål med løyvinga
Løyvinga skal dekkje erstatningar ved ekspropriasjon av rett til reinbeite i Trollheimen, jf. føresetnadene i overskjønnet heimla av Frostating lagmannsrett 2. september 1999, og beiteleige ut frå inngåtte reinbeiteavtalar med grunneigarane i Trollheimen.
Rapportering 2021
Det blei i 2021 nytta 0,5 mill. kroner i tråd med formålet med løyvinga.
Det blei i 2021 utbetalt erstatning til 45 grunneigarar i Trollheimen. Utgifter til beiteleige til Trollheimen/Igelfjellet reinbeiteforening for driftsåret 2020/2021 er òg dekte over denne posten.
Budsjettframlegg 2023
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 0,5 mill. kroner.
Post 73 Tilskott til erstatningar m.m. etter offentlege pålegg i plante- og husdyrproduksjon, overslagsløyving
Formål med løyvinga
Formålet med ordninga er å gi produsentar erstatning for tap og dekning av visse utgifter i samband med pålagde tiltak mot sjukdommar, smittestoff og skadegjerarar hos dyr og planter, jf. § 22 i Ot.prp. nr. 100 (2002–2003) Om lov om matproduksjon og mattrygghet mv. (matlova). Løyvinga skal òg dekkje tap i samband med tiltak som blir sett i verk som følgje av antibiotikaresistente bakteriar (MRSA) i svinehaldet, tiltak for å redusere innhaldet av radioaktivitet i storfe og småfe og enkelte andre kompensasjonar for å lette etterleving av krava i matlova og plikter i primærproduksjonen, jf. matlova § 31. Landbruksdirektoratet kan, etter søknad og i spesielt krevjande saker, over denne posten dekkje heile eller delar av statsforvaltaren sine kostnader ved kjøp av spesialistvurderingar som trengst for å handsame erstatningssakene.
Rapportering 2021
Det blei i 2021 nytta 13,4 mill. kroner i tråd med formålet med løyvinga.
Skadegjerarar i planteproduksjon
Erstatning i planteproduksjon var i 2021 på omlag 2,1 mill. kroner for sanering av tospovirus i produksjon av salsplanter og morplanter, destruksjon av Phytophtora ramorum påvist i Rhododendron, destruksjon av pærebrann etter funn i fruktproduksjon, sanering av jordbær etter funn av strawberry crincle virus, destruksjon etter påvising av pæresvinesjuke og sanering etter påvising av tomatbrunflekkvirus, som er registrert for første gong i Noreg.
Pålagd slakting
I 2021 blei det utbetalt om lag 10,5 mill. kroner i samband med erstatning etter pålagde tiltak i husdyrbesetningar. Av den totale utbetalte erstatninga gjekk 7,3 mill. kroner til dekning av kostnader ved sanering for multiresistente stafylokokkar i svinebesetningar (LA-MRSA). I samband med utbrott av fugleinfluensa i Rogaland blei det utbetalt 2,3 mill. kroner i erstatning. Andre husdyrsjukdommar det blei utbetalt erstatning for, var fotråte, paratuberkulose, ILT hos fjørfe, mædi og salmonella.
MRSA-kompensasjon
I 2021 blei det ikkje utbetalt kompensasjon for produksjonstap etter pålegg om nedslakting av svinebesetningar grunna påvising av antibiotikaresistente bakteriar (MRSA). Årsaka til dette er at det ikkje blei funne smitte i nye besetningar eller resmitte.
Radioaktivitet
Forureininga etter atomulykka i Tsjernobyl skaper framleis problem for beitebruken enkelte stader på Indre Austlandet og i Midt-Noreg. For å redusere opptaket beitedyra har av radioaktivt cesium frå utmarksbeitet, blir det brukt giesesalt som fôrtilsetning eller i form av saltslikkestein tilsett giesesalt på slutten av beitesesongen. For høge verdiar av radioaktive stoff kan føre til at slaktet ikkje kan brukast til mat. Erstatning for radioaktivitet går i stor grad til å erstatte kostnader for transport til måleplass og til ekstra fôrkostnader ved pålagd nedfôring.
Omfanget av erstatningsutbetalingar er i stor grad knytta til omfanget av sopp på utmarksbeite seint i beitesesongen og til omfanget av kontrollmålingar. Det var i 2021 låge utbetalingar over ordninga, som kjem av at det blei gjennomført færre besetningsmålingar på grunn av restriksjonar i samband med koronapandemien.
I 2021 blei det utbetalt i underkant av 50 000 kroner i erstatning for kostnader til transport av dyr til måleplass. Det blei ikkje utbetalt erstatning for dekning av kostnader til nedfôring.
I 2021 blei det belasta i overkant av 0,5 mill. kroner for kostnader til lagerhald på ordninga.
Forbruk av saltslikkestein i 2021 blei godt under halvparten samanlikna med tidlegare år, og det har difor ikkje vore aktuelt å gjere nytt innkjøp av saltslikkestein tilsett giesesalt.
Budsjettframlegg 2023
Departementet gjer framlegg om ei overslagsløyving på 55,6 mill. kroner.
Landbruksdirektoratet har lagt inn bestilling på ny levering av giesesalt og saltslikkesteinar. Dette vil bli levert i 2023. Situasjonen i Ukraina fører til auka behov for innkjøp av giesesalt til beredskapslager. Det pågår ein regodkjenningsprosess av tilsetningsstoffet giesesalt i EU. Vidare bruk av dette tilsetningsstoffet føreset at stoffet blir regodkjent som tilsetningsstoff. Godkjenningsprosessen kan utløyse ytterlegare kostnader i 2023.
Post 74 Kompensasjon til dyreeigarar som blir pålagde beitenekt
Formål med løyvinga
Løyvinga på posten blir brukt til å gi dyreeigarar økonomisk kompensasjon når Mattilsynet som følgje av fare for rovviltangrep har gjort vedtak om beiterestriksjonar for storfe og småfe med heimel i dyrevelferdslova.
Rapportering 2021
Det blei ikkje nytta midlar til formålet. Mattilsynet gjorde ingen vedtak om restriksjonar i bruk av utmarksbeite i 2021 som førte til utbetalingar av kompensasjon same år.
Budsjettframlegg 2023
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 1,0 mill. kroner.
Post 75 Stønad til jordbruks- og veksthusnæringa for ekstraordinære straumutgifter, overslagsløyving
Formål med løyvinga
Primærprodusentar i jordbruket, veksthus og vatningslag fekk frå desember 2021 ei mellombels ordning med straumstønad. Formålet med straumstønadsordninga for jordbruks- og veksthusnæringa, som følgje av ekstraordinære straumutgifter, er å bidra til at norsk matproduksjon og norsk produksjon i veksthus kan oppretthaldast trass i dei ekstraordinære utgiftene til straum. Ordninga var ny i 2022.
Budsjettframlegg 2023
Straumstønadsordninga for jordbruket gjeld for primærprodusentar og har ei grense for maksimalt forbruk på 20 000 kWt per foretak per månad. Grensa er satt for å dekkje rimeleg og normalt straumforbruk for både næring og privat forbruk på eit «vanleg» gardsbruk. Straumstønadsordninga for veksthus og vatningslag har ingen avgrensing på forbruk.
Straumstønadsordninga blei innført som ei mellombels ordning frå desember 2021. Regjeringa vil forlenge ordninga til 1. juli 2023. Departementet gjer framlegg om ei løyving på 1 124,0 mill. kroner.
Post 76 Tilskott til oppkjøp av mjølkekvoter
Formål med løyvinga
Formålet med løyvinga var å finansiere ein del av oppkjøpet av 40 mill. liter mjølkekvote for å tilpasse den nasjonale mjølkeproduksjonen etter at moglegheita for eksportsubsidiar blei teken bort frå 1. juli 2020.
Rapportering 2021
Det blei i 2021 nytta 174,9 mill. kroner i tråd med formålet med løyvinga.
Gjennom oppkjøpsordninga kjøpte i 2021 staten 35 mill. liter mjølkekvotar for totalt 174,9 mill. kroner. Løyvinga i 2021 var ei eingongsløyving.
Post 77 Tilskott til kompensasjon ved avvikling av pelsdyrhald, kan overførast
Formål med løyvinga
Formålet med løyvinga er å gi kompensasjon etter avvikling av pelsdyrhald. Stortinget vedtok i 2019 eit forbod mot hald av pelsdyr etter 1. februar 2025. Den opphavelege kompensasjonsordninga er endra som følgje av lovvedtak i juni 2021. Oppdrettarane har no rett på erstatning anten etter ekspropriasjonsrettslege reglar, eller ut frå nedskriven gjenkjøpsverdi. I tillegg blir kostnader til riving og opprydding av pelsdyranlegg og ei ordning med kompensasjon for forventa lågare framtidig alderspensjon som følgje av forbodet mot pelsdyrhald, ført på posten.
Ein mindre del av løyvinga kan bli brukt til administrative kostnader i samband med ordninga. Dette omfattar òg kostnader til taksering av pelsdyranlegg og eventuelle kostnader til skjønnsprosessar.
Kompensasjonen er ei regelstyrt ordning, og løyvinga vil bli tilpassa naudsynte utbetalingar. Den enkelte vil få utmålt og utbetalt kompensasjon etter fastsett regelverk.
Rapportering 2021
Det blei i 2021 nytta 155,4 mill. kroner i tråd med formålet med løyvinga.
Det blei utbetalt i overkant av 129 mill. kroner i kompensasjon etter avvikling av pelsdyrhald fordelt på 95 saker i 2021.
Det blei gitt tilsegn på til saman 36,2 mill. kroner, og utbetalt om lag 22,8 mill. kroner som kompensasjon for riving og opprydding av pelsdyrhus.
I 2021 fekk to peldyroppdrettarar innvilga kompensasjon for lågare årleg alderspensjon. Samla tilsegn som blei gitt var 0,9 mill. kroner, der 0,2 mill. kroner blei utbetalt i 2021.
Budsjettframlegg 2023
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 470,0 mill. kroner. Det er usikkert korleis utbetalingar på posten vil fordele seg mellom år. Det blir difor gjort framlegg om ei tilsegnsfullmakt på 400 mill. kroner.
Post 78 Tilskott til omstilling ved avvikling av pelsdyrhald, kan overførast
Formål med løyvinga
Formålet med løyvinga er å lette omstillinga for pelsdyroppdrettarar i samband med forbod mot hald av pelsdyr, jf. Prop. 99 L (2018–2019). Dette omfattar i hovudsak ei ordning med tilskott til omstilling som blir forvalta av Innovasjon Norge. Løyvinga vil òg bli nytta til tilskott til arbeidsretta kompetanseheving for pelsdyroppdrettarar, forvalta av Landbruksdirektoratet.
Ein mindre del av løyvinga kan bli brukt til administrative kostnader i samband med ordningane.
Rapportering 2021
Det blei i 2021 nytta 19,8 mill. kroner i tråd med formålet med løyvinga.
Ved årsskiftet 2021/2022 hadde Innovasjon Norge gitt tilsegn om i alt 104,6 mill kroner i omstillingsmidlar til pelsdyroppdrettarar. Av dette var 23,2 millioner kroner utbetalt. Landbruksdirektoratet gav i 2021 tilsegn om 1,4 mill kroner i tilskott til kompetanseheving. Av dette blei 0,2 mill kroner utbetalt i 2021.
Budsjettframlegg 2023
Det blir ikkje gjort framlegg om løyving på posten i 2023. Det er gitt tilsegn om alle midlar som tidlegare er løyvd på posten, men utbetaling skjer i takt med gjennomføring av tiltaka. Departementet legg til grunn at det ved årsskiftet 2023/2024 framleis vil vere tilsegn basert på tidlegare, overførbare løyvingar der heile beløpet enno ikkje er utbetalt. Det blir difor gjort framlegg om ei tilsegnsfullmakt på 25,0 mill. kroner, jf. framlegg til vedtak V.
Post 79 Tilskott til opplæring av sesongarbeidarar i grøntnæringa
Formål med løyvinga
Formålet med løyvinga var å finansiere ei søknadsbasert refusjonsordning som dekte kostnader til opplæring for uerfarne sesongarbeidarar i grøntnæringa.
Strenge innreiserestriksjonar for utanlandsk arbeidskraft i sesongen 2021 gjorde at grøntnæringa mangla kompetent arbeidskraft. Ordninga gjaldt for sesongen 2021.
Rapportering 2021
Det blei i 2021 nytta 8,4 mill. kroner i tråd med formålet med løyvinga.
Post 80 Radioaktivitetstiltak, kan overførast
Formål med løyvinga
Statens ansvar for å dekkje kostnader som følgje av radioaktivt nedfall etter Tsjernobyl-ulykka har som prinsipielt utgangspunkt det vedtaket som regjeringa gjorde om økonomisk skadesløyse 31. juli 1986. Regelverket for radioaktivitetstiltak i reindrifta blir fastsett etter dialog mellom avtalepartane, på same måte som forskriftene etter reindriftsavtalen.
Mattilsynet overvaker nivået for radioaktivitet, og fastset grenseverdiar for radioaktivitet i mellom anna reinkjøtt. Dersom nivået for radioaktivitet i reinkjøttet i eit område ligg over grenseverdien, kan det gis tilskott som kompensasjon for ekstrakostnader knytte til dette.
Rapportering 2021
Det blei ikkje nytta midlar til formålet.
I 2021 var nivået for radioaktivitet så lågt at det ikkje var behov for tiltak.
Budsjettframlegg 2023
Det blir gjort framlegg om at løyvinga på denne posten blir overført til kapittel 1142, post 71, i 2023, og at kapittel 1142, post 71, frå 2023 òg skal dekkje tiltak ved radioaktivitet.
Kap. 4142 Landbruksdirektoratet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
01 | Driftsinntekter, refusjonar m.m. | 45 731 | 46 459 | 47 853 |
Sum kap. 4142 | 45 731 | 46 459 | 47 853 |
Post 01 Driftsinntekter, refusjonar m.m.
Inntektene i 2021 blei 45,7 mill. kroner. Departementet gjer framlegg om ei løyving på 47,9 mill. kroner i 2023.
Posten gjeld driftsinntekter som Landbruksdirektoratet har i samband med mellom anna sekretariatet for Omsetningsrådet, styret for Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt, og styret for Utviklingsfondet for skogbruket, administrasjon av ulike fond, prisutjamningsordninga og kvoteordninga for mjølk. Inntekter frå gebyr blir òg førte på posten.
Kap. 1148 Naturskade – erstatningar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
71 | Naturskade – erstatningar, overslagsløyving | 33 382 | 133 400 | 89 400 |
Sum kap. 1148 | 33 382 | 133 400 | 89 400 |
Post 71 Naturskade, erstatningar, overslagsløyving
Formål med løyvinga
Løyvinga skal dekkje erstatningar for naturskade. Statens naturskadeordning gir erstatning for dei naturskadane det ikkje er mogleg å forsikre seg mot gjennom ei alminneleg forsikringsordning, og løyvinga skal brukast til å dekkje desse utgiftene. Søknader om erstatning for naturskadar etter naturskadeerstatningslova blir handsama etter ein rein forvaltningsmodell. Landbruksdirektoratet avgjer sakene i førsteinstans, mens klagene blir avgjorde av Klagenemnda for naturskadesaker som klageinstans.
Rapportering 2021
Det blei i 2021 nytta 33,4 mill. kroner i tråd med formålet med løyvinga.
I 2021 blei det handsama 267 saker. Det blei gitt tilsegner om erstatning for om lag 17,7 mill. kroner. Utbetalingane i 2021 var på om lag 31,5 mill. kroner og gjeld erstatningssaker for 2021 og tidlegare år. Tilsegner om erstatning blir gitt med ein utbetringsfrist på tre år.
Ansvaret som utgjer gitte, men ikkje innfridde tilsegner om erstatning, var 31. desember 2021 på om lag 41,3 mill. kroner.
Budsjettframlegg 2023
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 89,4 mill. kroner og ei tilsegnsfullmakt på 49,4 mill. kroner for 2023, jf. tabell 5.8 og framlegg til vedtak IV.
Tabell 5.8 Tilsegnsfullmakt naturskadeerstatningar i 2023 (i mill. kroner)
Ansvar 1.1.2022 | 41,3 | |
+ | Venta tilsegner i 2022 | 87,8 |
= | Sum | 129,1 |
- | Venta erstatningsutbetalingar i 2022 | 81,6 |
= | Venta ansvar 31.12.2022 | 47,5 |
+ | Takseringskostnader, IKT-vedlikehald o.a. | 3,5 |
+ | Venta nye tilsegner i 2023 | 87,8 |
= | Sum | 138,8 |
Forslag til løyving i 2023 | 89,4 | |
Forslag til tilsegnsfullmakt i 2023 | 49,4 |
Klimaframskrivingar viser at vi i Noreg må rekne med meir ekstremvêr. Med ei slik utvikling kan det bli fleire og meir omfattande naturskadar i åra framover.
Dei som blir råka av naturskade har på visse vilkår rett til erstatning over statens naturskadeordning etter naturskadeerstatningslova. Det knyter seg uvisse til budsjetteringa for ordninga. Dette kjem av at omfanget av naturulukker varierer frå år til år, og at erstatninga blir utbetalt etter at skaden er utbetra. Vidare er fristen for utbetring tre år, noko som òg verkar inn på den årlege utbetalinga. Ved budsjetteringa av løyvinga blir difor normalt eit gjennomsnittleg år for naturskadar lagt til grunn, og det er i tillegg knytt ei tilsegnsfullmakt til posten.
Direktoratet skal sørgje for at krav om erstatning for naturskadar blir handsama raskt og forsvarleg. Direktoratet skal dessutan raskt kunne setje inn målretta og utvida innsats når det skjer store naturulukker.
Landbruks- og matdepartementet følgjer opp ordninga på bakgrunn av mellom anna styringsdialog, rapportar og informasjon om økonomi.
Løyvinga skal dekkje innfriing av tilsegner som blir gitt i 2023 og uteståande tilsegner frå tidlegare år. Vidare skal løyvinga dekkje kostnader ved taksering av skadar, informasjonstiltak og andre tiltak som bidreg til å redusere skadeverknadene av framtidige naturulukker, eller aukar verknaden av ressursane som blir nytta på naturskadeområdet. Løyvinga skal òg dekkje utgifter som trengst til ekstrahjelp, kompetansetiltak og vedlikehald og vidareutvikling av IKT-systemet for ordninga. I tillegg skal utgifter til Klagenemnda for naturskadesaker dekkjast av posten.
Kap. 1149 Verdiskapings- og utviklingstiltak i landbruket
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
51 | Tilskott til Utviklingsfondet for skogbruket | 4 968 | 4 943 | 4 943 |
71 | Tilskott til verdiskapingstiltak i skogbruket, kan overførast | 64 172 | 61 174 | 51 174 |
73 | Tilskott til skog-, klima- og energitiltak, kan overførast | 81 507 | 55 852 | 55 852 |
76 | Ekstraordinære tiltak i skogbruket, kan overførast | 8 675 | ||
Sum kap. 1149 | 159 323 | 121 969 | 111 969 |
Post 51 Tilskott til Utviklingsfondet for skogbruket
Formål med løyvinga
Løyvinga skal dekkje tilskott til Utviklingsfondet for skogbruket. Vedtektene for Utviklingsfondet for skogbruket blei fastsette ved kgl.res. datert 25. februar 1977, med endringar sist av 4. desember 2014. Fondet har til oppgåve å støtte opp om forsking, utvikling, informasjon og opplæring innanfor skogbruket. I styret for fondet er offentleg forvaltning og private organisasjonar innanfor skogsektoren representerte. Landbruksdirektoratet er sekretariat for fondet.
Rapportering 2021
Det blei i 2021 nytta 5,0 mill. kroner i tråd med formålet med løyvinga. I alt fekk 11 nye prosjekt tilskott.
Budsjettframlegg 2023
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 4,9 mill. kroner til Utviklingsfondet for skogbruket. Midlane frå fondet vil i første rekkje gå til brukarretta FoU-verksemd med klare problemstillingar og mål. Fondet skal bidra til prosjekt som utviklar og styrkjer skogbruket som ei rasjonell, økonomisk og berekraftig næring.
Post 71 Tilskott til verdiskapingstiltak i skogbruket, kan overførast
Formål med løyvinga
Løyvinga skal dekkje tilskott til vidareutvikling av ein betre transportinfrastruktur for skog- og trenæringa i tillegg til andre verdiskapingstiltak i skogbruket. Skogen og eit aktivt skogbruk gir viktige bidrag til sysselsetjing og verdiskaping i heile landet, i tillegg til viktige klimagevinstar. For å styrkje desse bidraga vil regjeringa leggje til rette for at ein større del av det produktive skogarealet som kan drivast lønsamt, blir teke i bruk, mellom anna ved auka hogst, hausting av virke til biobrensel og oppbygging av ny skog. God infrastruktur er avgjerande for konkurransekrafta til skogsektoren og for det positive bidraget til verdiskaping som skogsektoren gir for distrikta og for heile landet.
Rapportering 2021
Det blei i 2021 nytta 64,2 mill. kroner i tråd med formålet med løyvinga.
Av dette blei det gitt 0,6 mill. kroner til tømmerkaier og 63,6 mill. kroner til skogsvegar. Det blei gitt tilsegn på 32 mill. kroner til tre tømmerkaiprosjekt langs kysten i 2021; Salten i Nordland, Åndalsnes i Møre og Romsdal og Mandal i Agder.
Det blei bygd om lag 107 km nye skogsbilvegar og ombygd om lag 232 km eldre skogsbilvegar i 2021. Dette viser ein auke på nybygging og ein nedgang på ombygging frå året før. Aktiviteten må sjåast i samanheng med løyvingane til det same formålet over kap. 1150, post 50.
Ansvaret på posten 31. desember 2021 var på 127,2 mill. kroner.
Budsjettframlegg 2023
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 51,2 mill. kroner til verdiskapingstiltak i skogbruket i 2023. Løyvinga på posten, saman med løyvinga på kap. 1150, post 50 skal bidra til å følgje opp regjeringa sitt vegkart for grønt industriløft, der skog- og trenæringa og annan bioøkonomi er eitt av satsingsområda.
Tilskott frå posten vil bli gitt til verdiskapingstiltak med vekt på tiltak som bidreg til å redusere transportkostnadene i skogbruket. Behovet for investeringar i infrastruktur er stort over heile landet, men kyst- og innlandsfylka har ulike utfordringar. I mange av kystfylka står mykje av den skogen som i dag er hogstmoden, eller som snart blir det, langt frå veg eller i vanskeleg tilgjengeleg terreng. I innlandsfylka er ein stor del av skogsvegnettet gammalt og treng opprusting for å oppfylle transportbehova og dei krava som moderne transportutstyr stiller.
Tilskott til investeringar i betre skogsvegar er målretta og prioriterte tiltak for auka hogst og meir kostnadseffektiv tømmertransport. Desse investeringane vil òg bidra til betre klimatilpassing av vegnettet i skogbruket, mellom anna gjennom tiltak som minskar faren for erosjon og lausmasseskred ved kraftig nedbør. Kommunale hovudplanar for skogsvegar er eit godt verktøy for å utvikle skogsvegnettet vidare.
Tilgang til kai og sjøtransport opnar for kostnadseffektive leveransar av tømmer, flis og andre treprodukt til foredlingsindustrien i Noreg og til marknader nasjonalt og internasjonalt. Midlar over denne posten skal bidra til bygging og ombygging av kaier og kaiterminalar for rasjonell transport og logistikk knytt til tømmer. Gode planprosessar og overføring av kunnskap og erfaring frå prosjekt til prosjekt er viktig i dette arbeidet. Landbruksdirektoratet forvaltar ordninga med tilskott til tømmerkaier for departementet.
Infrastrukturtiltaka har positive sysselsetjings- og verdiskapingseffektar og styrkjer konkurransekrafta i skognæringa. Som for 2022 vil departementet bruke ein kombinasjon av løyving og tilsegnsfullmakt som verkemiddel for ei effektiv planlegging og gjennomføring av større infrastrukturtiltak i skogbruket der investeringane skjer over fleire år.
Sidan tilskotta ikkje alltid kjem til utbetaling same året som det blir gitt tilsegn, gjer departementet framlegg om ei tilsegnsfullmakt for 2023 på 104,2 mill. kroner for å kunne dekkje ansvar frå tidlegare år, jf. tabell 5.9 og framlegg til vedtak IV. Beløpet er basert på ein prognose frå Landbruksdirektoratet.
Tabell 5.9 Tilsegnsfullmakt infrastrukturtiltak i 2023 (i mill. kroner)
Ansvar 1.1.2022 | 127,2 | |
+ | Venta tilsegner i 2022 | 68,3 |
= | Sum | 195,5 |
- | Venta utbetalingar i 2022 | 80,3 |
= | Venta ansvar 31.12.2022 | 115,2 |
+ | Venta nye tilsegner i 2023 | 40,2 |
= | Sum | 155,4 |
Forslag til løyving i 2023 | 51,2 | |
Forslag til tilsegnsfullmakt i 2023 | 104,2 |
Post 73 Tilskott til skog-, klima- og energitiltak, kan overførast
Formål med løyvinga
Løyvinga skal dekkje tilskott til skog-, klima-, og energitiltak. Skogen spelar ei viktig rolle for klimaet. Regjeringa vil halde fram med å leggje til rette for tiltak som kan ta vare på eller styrkje karbonlageret i skogen. Dette vil i sin tur auke ressursgrunnlaget slik at fornybart skogråstoff i større grad kan erstatte fossile utslepp i andre sektorar.
Løyvinga dekkjer òg bidrag til Stiftinga Det norske Skogfrøverk, som har som oppgåve å sikre forsyninga av skogfrø i Noreg. Bidraget frå departementet er basert på ein avtale med Det norske Skogfrøverk om forvaltningsoppgåver frå 1995.
Rapportering 2021
Det blei i 2021 nytta 81,5 mill. kroner i tråd med formålet med løyvinga.
Av dette blei 29,0 mill. kroner nytta til klimatiltaka tettare planting etter hogst og til gjødsling av skog. Rekneskapen viser at det blei gitt om lag 20,3 mill. kroner i tilskott til tettare planting og suppleringsplanting på 147 000 dekar. Det blei vidare gitt tilskott på om lag 7,8 mill. kroner til gjødsling av om lag 44 600 dekar.
Det blei òg løyvd 9 mill. kroner til Stiftinga Det norske Skogfrøverk til forvaltningsoppgåver. Oppgåvene omfattar kontroll etter forskrift om skogfrø og skogplanter, produksjons- og utviklingsoppgåver og informasjons- og opplæringstiltak knytte til anlegg for frøproduksjon. Til klimatiltaket skogplanteforedling blei det løyvd 6 mill. kroner.
Det blei dessutan løyvd 0,65 mill. kroner til Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) til prosjektet PlanteValg. Prosjektet skal gi skogeigaren og rettleiingsapparatet eit betre grunnlag for å velje best mogleg plantemateriale for forynging av skog.
Spesielt for 2021 var at det blei gitt ei ekstra løyving på 39 mill. kroner som tilskott til planting av skog med bakgrunn i koronapandemien og den vanskelege arbeidskraftsituasjonen i skogbruket som følgje av den.
Budsjettframlegg 2023
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 55,9 mill. kroner til skog-, klima- og energitiltak i skog.
Klimatiltaka omfattar i hovudsak tilskott til tettare skogplanting, gjødsling av skog, foredling av skogplanter og -frø og styrkt ungskogpleie. Klimatiltaka i skog vil auke opptaket av CO2 i skogen. Tiltaka vil samstundes styrkje ressursgrunnlaget, og dermed grunnlaget for verdiskaping i skog- og trenæringa i eit langsiktig perspektiv.
Klimatiltaka blir rekna som kostnadseffektive og er blant dei billigaste klimatiltaka som kan gjennomførast nasjonalt. Ved full implementering har tiltaka eit langsiktig potensial til å auke opptaket av CO2 i skog med 4–6 mill. tonn CO2 årleg fram mot 2100, jf. Meld. St. 13 (2020–2021) Klimaplan for 2021–2030. Tilskottsordningane er baserte på skog- og miljøfaglege kriterium utarbeidde av Landbruksdirektoratet og Miljødirektoratet.
Departementet gjer framlegg om ei løyving til Stiftinga Det norske Skogfrøverk på 9 mill. kroner til forvaltningsoppgåver og 6 mill. kroner til arbeidet med langsiktig skogplanteforedling og utvikling.
Departementet vil òg gi ei løyving til prosjektet PlanteValg ved NIBIO på 0,65 mill. kroner. Prosjektet skal gi skogeigaren og rettleiingsapparatet eit betre grunnlag for å velje best mogleg plantemateriale for forynging av skog.
Post 76 Ekstraordinære tiltak i skogbruket, kan overførast
Formål med løyvinga
Det blei i 2020 løyvd 50 mill. kroner til ekstraordinære tiltak i skogbruket, jf. Prop. 117 S (2019–2020). Formålet med den mellombelse tilskottsordninga var å bidra til at skogeigarar i auka grad kunne sysselsetje skogsentreprenørar med heilmekanisk driftsutstyr eller taubane til å utføre skogsdrifter under koronapandemien. Landbruksdirektoratet forvalta midlane i samsvar med Midlertidig forskrift om tilskudd for å opprettholde hogstaktivitet i skogbruket 2020, fastsett 9. juni 2020. Det blei ikkje gitt ny løyving i 2021, men ordninga blei vidareført i 2021 innanfor ramma for løyvinga som blei gitt i 2020. Departementet gjer ikkje framlegg om løyving til ekstraordinære tiltak i skogbruket for 2023.
Rapportering 2021
Det blei i 2021 nytta 8,7 mill. kroner i tråd med formålet med løyvinga.
Kap. 1150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
21 | Spesielle driftsutgifter, kan overførast | 10 859 | 19 000 | 15 800 |
50 | Tilskott til Landbrukets utviklingsfond | 1 299 053 | 1 578 553 | 2 058 553 |
70 | Marknadstiltak, kan overførast | 265 619 | 278 440 | 335 100 |
71 | Tilskott ved avlingssvikt, overslagsløyving | 95 389 | 83 000 | 96 500 |
73 | Pristilskott, overslagsløyving | 3 942 610 | 4 033 200 | 5 381 935 |
74 | Direkte tilskott, kan overførast | 9 548 342 | 10 636 700 | 14 195 545 |
77 | Utviklingstiltak, kan overførast | 273 014 | 288 321 | 319 861 |
78 | Velferdsordningar, kan overførast | 1 511 421 | 1 534 845 | 1 679 065 |
Sum kap. 1150 | 16 946 306 | 18 452 059 | 24 082 359 |
Tilpassing til økonomiregelverket i staten
Verkemidla under jordbruksavtalen skal samla sett gi rammevilkår som fører til ei god måloppnåing både for næringa og for samfunnet. Ei vurdering av hovudmåla post for post på budsjettkapittelet gir ikkje fullgod informasjon. Difor er det heller ikkje tenleg å ha ei eiga resultatrapportering på kvar enkelt ordning. I omtalen under dette kapittelet gjer departementet årleg greie for hovudtrekka i tilpassingane for ulike ordningar og for bruken av ulike aktørar i forvaltninga av ordningane.
Marknadsregulering og pristilskott/frakttilskott
Tilskott til produsert volum, til marknadstiltak og til frakt blir dekte over fleire ordningar under kap. 1150, post 70 og 73, og i nokon grad under post 77. Satsane er baserte på fastsette kriterium, som produktgruppe, levert volum, distrikt med meir. Grunnlaget for tilskotta som blir utbetalte til produsentane via eit omsetnadsledd, vil normalt vere det same som grunnlaget for oppgjeret mellom omsetnadsledd og produsent. Ordningane utgjer ein del av avtalesystemet med fleire mål og verkemiddel som verkar saman mot dei same måla. Resultatrapporteringa skjer difor samla basert på rapportering frå Budsjettnemnda for jordbruket i samband med den årlege proposisjonen om jordbruksoppgjeret. Rapporteringa blir i tillegg supplert av vurderingsrapportar og statusnotat frå heile forvaltninga som grunnlag for å vurdere korleis dei enkelte ordningane verkar.
Tilskott som blir utbetalte via eit omsetnadsledd, skil seg òg frå normalprosedyren ved at tilskottsmottakarane normalt ikkje søkjer om tilskottet. Storleiken på tilskotta er ei direkte følgje av levert vare til omsetnadsleddet. Omsetnadsledda gjer ikkje eigne vurderingar ved forvaltninga av tilskotta. Dei blir difor ikkje rekna som tilskottsforvaltarar, men som medhjelparar. Vidare blir det ikkje sendt eigne tilskottsbrev til, eller kravd rapport frå tilskottsmottakarane (produsentane). Tilskottsbeløpet går normalt fram av avrekninga for kvar leveranse. Naudsynt kontroll blir sikra gjennom kontroll hos omsetnadsledda som leverer grunnlaget for utbetalingane, og som formidlar tilskottet til den enkelte produsenten. Vanlegvis blir det ikkje utført kontroll hos produsentane, men Landbruksdirektoratet har moglegheit til å kontrollere at rett sone er lagt til grunn for berekninga av tilskottet. Samla sett bidreg dette til ei kostnadseffektiv forvaltning av ordningane.
Direkte tilskott og tilskott til velferdsordningar m.m.
Desse ordningane ligg under jordbruksavtalen kap. 1150, post 74 og 78. Også under post 77 har ein slike ordningar. Dei direkte tilskotta er baserte på objektive kriterium slik som talet på dyr, areal, produksjonstype, mengd og distrikt. Satsane står i forhold til løyvd beløp og prioriteringar mellom ulike produksjonstypar, produksjonsomfang og lokalisering av driftseiningane. Velferdsordningane er i hovudsak tiltak for å refundere kostnader til avløysing for sjukdom og moglegheit for ferie/fritid i verksemder som krev arbeid alle dagar i året. Ein står her overfor den same problemstillinga når det gjeld målformulering og kriterium for måloppnåing som for tilskott til marknadsregulering, pris og frakt. For ordningane med direkte tilskott og velferdsordningar vil resultatrapporteringa òg i hovudsak skje samla basert på rapportering frå Budsjettnemnda for jordbruket i samband med proposisjonen om jordbruksoppgjeret. Det er heller ikkje for denne gruppa av ordningar aktuelt å hente inn rapport frå tilskottsmottakarane. Det gjeld òg for ordninga med tilskott til veterinære reiser, der tilskott blir utbetalt etter søknad om refusjon av utgifter som allereie er oppsamla. Her kan det ikkje stillast vilkår om kva midlane skal nyttast til, eller krevjast rapportering om bruken av midlane.
Kollektive overføringar
På enkelte område er det administrativt meir effektivt å overføre tilskott samla frå departementet og/eller Landbruksdirektoratet direkte til ein sams mottakar, framfor først å utbetale tilskott til kvar produsent, som så betaler inn til same sluttmottakar. Godtgjersla i sjukepengeordninga for bønder er finansiert gjennom ei kollektiv overføring frå jordbruksavtalen til Folketrygdfondet. Ei anna kollektiv overføring er innbetaling av omsetnadsavgift for frukt og grønt på post 70. Oppfølginga av desse ordningane vil vere å føre over løyvde beløp til rett mottakar. I tillegg må ein regelmessig vurdere om ordningane verkar som tiltenkt, og om overføringane gir eit rett uttrykk for reelle utgifter.
Forvaltning
Hovuddelen av forvaltninga av tilskotta under jordbruksavtalen er delegert til Landbruksdirektoratet. Størsteparten av dei administrative kostnadene til forvaltning av tilskottsordningane blir direkte dekte innanfor løyvingane over kap. 1142, over kap. 525 til statsforvaltaren i budsjettet til Kommunal- og distriktsdepartementet, over kap. 571 rammetilskottet til kommunane og kap. 572 rammetilskottet til fylkeskommunane frå Kommunal- og distriktsdepartementet. Løyvinga over kap. 1150, post 21 skal dekkje kostnader i samband med utgreiingar i arbeidsgrupper, evalueringar og utvikling av nye IKT- og fagsystem i Landbruksdirektoratet for forvaltning av tilskott over kap. 1150. For å kunne ha fleksibilitet kan det òg i nokre høve vere aktuelt å dekkje utviklings- og utgreiingskostnader over tilskottsordningane.
På enkelte område skjer forvaltninga av tilskott gjennom organ som ikkje er ein del av statsforvaltninga. Dette gjeld særleg Innovasjon Norge. Kommunane er førstelinestyresmakt for dei fleste økonomiske verkemidla på landbruks- og matområdet, og omsetnadsledda har som omtalt ei medhjelparrolle i utbetalinga av tilskott til produsentane. I tilfelle der ikkje-statlege aktørar er tilskottsforvaltarar har departementet klargjort ansvar og oppgåver for desse aktørane. På nokre område er det fastsett at eit styre, utval eller råd skal tildele tilskottsmidlar, mens Landbruksdirektoratet er sekretariat og har ansvar for alle dei andre forvaltningsoppgåvene.
Departementet og tilskottsforvaltninga arbeider kontinuerleg med å få eit så godt kontrollsystem som mogleg. Det er etablert prosessar for å styrkje kontrollfunksjonen som statsforvaltaren har på landbruksområdet. Det blir mellom anna stilt krav til statsforvaltaren om at embetet kvart år skal utarbeide ein risikobasert kontrollplan og gjennomføre føretakskontroll og forvaltningskontroll av kommunar. Når det gjeld kompetanse i landbruksforvaltninga, har statsforvaltaren og Landbruksdirektoratet ei kontinuerleg oppfølging gjennom rettleiing og rådgiving, kommunebesøk, og særskilde samlingar og kompetansetiltak retta mot kommunane.
Samla sett har det målretta arbeidet med kontroll og oppfølginga av kontroll dei siste åra gitt resultat. Likevel er det framleis utfordringar med kontroll og vidareutvikling av kontrollsystema i landbruket. Det gjeld særleg å sikre at kommunane har tilstrekkeleg kompetanse og ressursar, og at statsforvaltaren og kommunane får ei meir systematisk oppfølging av avvik. Departementet legg til grunn at det er eit kontinuerleg behov for forbetring av kontrollsystema.
Riksrevisjonen har i fleire samanhengar peika på at systemet for kontroll med utbetalingar av tilskott over jordbruksavtalen og den rolla kommunane har i tilskottsforvaltninga må bli betre. Landbruks- og matdepartementet vil følgje opp dette området vidare framover.
Rapportering 2021
Måla for landbrukspolitikken er omtalte i del I og III av proposisjonen. Hovudmålet er å sikre forbrukarane trygg mat, og å produsere den maten som forbrukarane etterspør. Ved sida av å produsere varer og tenester i marknaden, er norsk matsektor òg leverandør av ei rekkje fellesgode som ikkje kan omsetjast i marknaden, som mellom anna kulturlandskap og landbruksproduksjon i heile landet. Verkemidla bidreg til at måla for landbrukspolitikken blir nådde gjennom produksjon av varer og tenester for ein marknad, i kombinasjon med produksjon av slike fellesgode. Mange av tilskottsordningane verkar inn på fleire av måla samstundes. Det gjeld mellom anna tilskott som skal sikre det økonomiske grunnlaget for produksjon og velferd for næringsutøvarane. Verkemiddel som er meir målspesifikke vil òg kunne påverke andre mål.
Produksjon av trygg mat er òg ein grunnleggjande føresetnad for næringspolitikken i jordbruket, men dei spesifikke verkemidla er i stor grad av ikkje-økonomisk karakter, og dei matpolitiske verkemidla ligg utanfor avtalen. Det finst òg fleire juridiske verkemiddel som kan verke mot same mål som dei økonomiske. Dessutan er dette tiltak og rammer for sjølvstendige næringsutøvarar. Alt i alt gjer dette at måloppnåinga ikkje kan vurderast ut frå det enkelte tiltak, men på indikatorar som viser utviklingstrekka i næringa samla sett.
I jordbruksoppgjeret 2021 melde jordbruket at dei, med grunnlag i tilbodet frå staten, ikkje såg noko grunnlag for forhandlingar. Regjeringa gjekk difor til Stortinget med ein proposisjon basert på statens tilbod til jordbruksoppgjer for 2021–2022. Stortinget vedtok jordbruksoppgjeret 16. juni 2021. Avtalen innebar ei ramme på 962 mill. kroner, der løyvingane til jordbruksavtalen over statsbudsjettet blei auka med 490 mill. kroner.
Kapittel 3 i Prop. 120 S (2021–2022) Endringer i statsbudsjettet 2022 under Landbruks- og matdepartementet (Jordbruksoppgjøret 2022) gir ei oversikt over sentrale utviklingstrekk for dei måla som er relevante for dei verkemidla som er omfatta av jordbruksavtalen. Sjå òg resultatrapporteringa i del III av denne proposisjonen.
Jordbruksoppgjeret 2022
Jordbruket la fram sitt krav i jordbruksoppgjeret den 27. april. Den 5. mai la staten fram sitt tilbod. Den 6. mai melddelte jordbruket sitt forhandlingsutval at dei ville starte jordbruksforhandlingar. Det blei halde forhandlingsmøte i plenum i perioden 8.–11. mai, der partane gjekk grundig gjennom krav og tilbod og utdjupa sine synspunkt. I perioden 12.–16. mai blei det halde møte på leiarnivå. I plenumsmøte 16. mai konstaterte statens forhandlingsleiar at det var inngått jordbruksavtale mellom partane, og sluttprotokollen blei underskriven. Jordbruksoppgjeret blei sendt Stortinget som Prop. 120 S (2021–2022). Proposisjonen blei handsama i Stortinget den 15. juni 2022 på grunnlag av Innst. 462 S (2021–2022) frå næringskomiteen.
I tråd med Hovedavtalen for jordbruket fastsette staten og jordbruksorganisasjonane føresegner og tiltak i ein jordbruksavtale, i samsvar med Stortinget si handsaming. Jordbruksavtalen omfattar målprisane for perioden frå 1.7.2022 til 30.6.2023 og tilskott som blir utbetalte i 2022 og 2023. Den samla årseffekten av målprisauken er berekna til 1 488 mill. kroner. Effekten av målprisauken i 2022, slik den blir rekneskapsført, er 1 207 mill. kroner. Endra løyving på kap. 1150 i 2022 er 2 000 mill. kroner. I tillegg blir auken for 2022 finansiert med 63 mill. kroner i overførde midlar frå 2021 og 298 mill. kroner i auka verdi av jordbruksfrådraget. For 2023 blir det berekna full årseffekt av målprisane. Løyvinga på kap. 1150 blir auka med 5 505 mill. kroner, og verdien av jordbruksfrådraget aukar med 367 mill. kroner. Den samla auken i inntektsmoglegheiter etter jordbruksoppgjeret i 2022, for 2022 og 2023, er 10 928 mill. kroner.
Budsjettframlegg 2023
I jordbruksoppgjeret blei den samla løyvinga på kap. 1150 auka med 2 000 mill. kroner for 2022 og 5 505 mill. kroner for 2023. Postane 71 og 73 er overslagsløyvingar der satsar og volum styrer løyvingsbehovet.
Krig og underskott på energi gir svært stor prisauke på mange varer og frakt internasjonalt. Opning av grensehandel og ustabile marknadar etter koronapandemien gjer òg at det er stor uvisse omkring volumanslaga for overslagsløyvingane. Prognosane viser ei auka løyving på post 73 med 125,0 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett 2022. For ordninga med tilskott ved avlingssvikt har meir ekstremvær ført til at normalt forbruk over ordninga blir høgare enn før. Normalåret gir tilskott over post 71 tilsvarande 83 mill. kroner.
Dette gir ei samla løyving over kapittel 1150 tilsvarande 23 882,4 mill. kroner, mot 18 252,1 mill. kroner i saldert budsjett for 2022 før endringane i jordbruksoppgjeret i 2022. I jordbruksoppgjeret blei det òg vedteke å auke løyvinga over kap. 1150 i 2022 tilsvarande 2 000 mill. kroner, jf. handsaminga av Prop. 120 S (2021–2022).
Jordbruksoppgjeret innebar eit vesentleg bidrag for å styrkje miljø- og klimaarbeidet i jordbruket, med ei særskild satsing retta mot tiltak som skal betre situasjonen i Oslofjorden. Avsetjinga som har klima- og miljøverknad blei auka med 1 661 mill. kroner frå 2022 til 2023.
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast
Formål med løyvinga
Formålet med løyvinga er å bidra til auka måloppnåing og meir effektiv tilskottsforvaltning gjennom å dekkje kostnader til utvikling av IKT-/fagsystem i forvaltninga av tilskott, evalueringar av ordningane og til arbeidsgrupper som er sette ned av avtalepartane eller vedtekne av Stortinget. I nokre tilfelle der kostnadene er direkte relaterte til konkrete tilskottsordningar, kan dei òg bli finansierte over ordninga.
Rapportering 2021
Det blei i 2021 nytta 10,9 mill. kroner i tråd med formålet med løyvinga.
Følgjande prosjekt blei finansierte over ordninga i 2021:
Utvikling av ny løysing for tilskott ved produksjonssvikt.
Digital løysing for søknader om nydyrking i Agros.
Kartløysing i Agros for SMIL.
Kjøp av eksterne tenester til statistikk for matsvinn.
Digitaliseringsprosjekt skog.
Oppdrag ved gjennomgang av ordninga med tilskott ved produksjonssvikt.
Budsjettframlegg 2023
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 15,8 mill. kroner.
Årleg blir det sett av 2,0 mill. kroner til å finansiere arbeidsgrupper og utgreiingar til partane i jordbruksoppgjeret. Det er planlagt arbeid med modernisering og risikoreduserande tiltak for eStil – Regionale miljøprogram og Produksjonstilskott. Landbruksdirektoratet skal avvikle gjeldande system og flytte eggdata til «LDB». Det skal utviklast automatisert innhenting av opplysningar frå NAV for avløysing ved mellom anna sjukdom og fødsel. Nye løysingar for kornavrekning, og oppfølging av målpris innanfor grønt- og kjøttområdet.
Post 50 Tilskott til Landbrukets utviklingsfond
Formål med løyvinga
Midlane over posten blir løyvde til Landbrukets utviklingsfond (LUF). I tråd med vedtektene til LUF kan fondsmidlane nyttast til tiltak som styrkjer og byggjer ut næringsgrunnlaget på dei enkelte landbruksføretaka. Ordningane under LUF omfattar verkemiddel knytte til næringsutviklings- og miljøtiltak, medrekna mellom anna tilskottsordningar, utviklingsprogram og prosjekt. Fleire av ordningane som ligg under LUF er viktige for å følgje opp ambisjonane i Hurdalsplattforma knytte til utvikling og investering innan landbruksnæringa, auka produksjon og omsetnad av lokalmat og -drikke og økologisk mat, i tillegg til utdanning, kompetanseheving og landbruksforsking.
Sentrale mål for verkemidla er å leggje til rette for fleire gründerar, fleire vekstkraftige bedrifter og innovative næringsmiljø i landbruket. Risikoavlastande verkemiddel er eit viktig bidrag til å få ein konkurransedyktig og framtidsretta landbruksproduksjon over heile landet. Fleire av verkemidla har vidare som mål å lette oppstartsutfordringar og bidra til kompetanseutvikling i næringa. Ordningane er difor viktige for rekruttering til landbruket.
Rapportering 2021
Det blei i 2021 nytta 1 299,1 mill. kroner i tråd med formålet med løyvinga.
Departementet viser til Prop. 120 S (2021–2022) for ei detaljert omtale av dei enkelte ordningane som er finansierte over LUF. Ordningane det er gitt støtte til, kan delast inn i åtte område:
bedriftsretta midlar
tilskott til Stiftinga norsk mat
nasjonale og regionale tilretteleggingsmidlar for næringsutvikling
tilskott til rekrutterings- og kompetansehevingstiltak
forsking og utvikling
skogbruk, fornybar energi og teknologiutvikling
konfliktførebyggjande tiltak jordbruk/reindrift
verkemiddel retta mot miljø- og klimatiltak og økologisk landbruk
Budsjettframlegg 2023
Med bakgrunn i Prop. 120 S (2021–2022) og Stortingets handsaming jf. Innst. 462 S (2021–2022) gjer departementet framlegg om ei løyving til LUF på 2 058,6 mill. kroner. Tabell 5.10 viser kapitalsituasjonen for LUF 2021–2023.
Rekneskap og prognosar for utviklinga av fondet er basert på Landbruksdirektoratet sin årsrapport for fondet. Per 31. desember 2021 var eigenkapitalen til fondet på 543 mill. kroner.
Fondet har ansvar for innvilga, men ikkje utbetalte tilskott. Ansvar per 31. desember 2021 er berekna til 2 163 mill. kroner. I tillegg kjem ansvar for rentestøtteordninga som per 31.12.2021 er berekna til 81,5 mill. kroner.
Tilskottsramma frå fondet har i fleire år vore vesentleg høgare enn løyvinga til fondet, noko som har ført til eit relativt stort negativt årsresultat for fondet i fleire år. Sidan fondet har hatt ein relativt stor eigenkapital med årleg tilførsel av innbetalingar i form av tilbakebetaling av investeringslån, har det vore mogleg å budsjettere med eit visst negativt årsresultat frå jordbruksavtalepartane si side. Årsresultatet for 2021 gav eit underskott på 205 mill. kroner. Dette er eit noko betre resultat enn forventa, jf. Prop. 200 S (2020–2021) Jordbruksoppgjøret 2021 m.m. Årsaka til avviket er mindre utbetalingar på enkelte av ordningane enn det prognosane tilsa.
For 2022 er eigenkapitalen styrkt med 200 mill. kroner meir enn prognosane i fjorårets jordbrukoppgjer tilsa. Årsaka til dette er tilførsel av 200 mill. kroner i auka investeringstilskott i samband med Stortinget si handsaming av statsbudsjettet for 2022. Midlane vil truleg komme til utbetaling i sin heilskap dei komande åra, og bidreg soleis kun til ei mellombels styrking av eigenkapitalen til fondet. Kapitalsituasjonen og likviditetsutviklinga for LUF må haldast under oppsyn.
I samband med fjorårets jordbruksoppgjer blei det gjort fleire tiltak for å styrkje fondet sin eigenkapital. Nærare 100 mill. kroner i unytta rammer på ulike ordningar blei inndregne. Tilskottsramma frå fondet blei redusert med 17 mill. kroner samtidig som løyvinga til fondet blei styrkt med 83 mill. kroner.
Inndraging av unytta rammer på ordningar under fondet vil bidra til å redusere framtidige utbetalingar frå fondet. Ved årsskiftet 2021/2022 stod det til saman 186 mill. kroner i unytta rammer på ordningane under fondet. 34,5 mill. kroner av desse rammene skal inndragast. Dette omfattar inndraging av til saman 18 mill. kroner av unytta rammer frå skogmidlane, og 14 mill. kroner frå IBU-ordninga og 2,5 mill. kroner frå andre ordningar.
Framover i tid må det budsjetterast med ein betre balanse mellom inntekter til fondet og utbetalingsprognosane. Det er utfordrande å fastsetje gode utbetalingsprognosar for eit fond som har 26 ulike tilskottsordningar under seg. Avtalepartane er samde om at eigenkapitalen minimum bør vere 200 mill. kroner, for å vere sikker på å kunne dekkje framtidige utbetalingar. For tilskottsordningar som blir forvalta av Landbruksdirektoratet, statsforvaltaren og Innovasjon Norge, er framlegget frå 2023 å inndra dei unytta rammene ved årsskifte i det påfølgjande året. Dette må skje i dialog med Landbruksdirektoratet som administrativ forvaltar av fondet, for å kvalitetssikre inndragingane.
For 2022 er fondet gjennom jordbruksoppgjeret tilført 57,3 mill. kroner i eingongsmidlar. Løyvinga til fondet for 2023 blir auka med 480 mill. kroner til 2 058,6 mill. kroner. Tilførsel av eingongsmidlar i 2022 og styrking av løyvinga til fondet for 2023 vil bidra til ei styrking av fondet sin eigenkapital. Fondet vil framleis ha utfordringar i åra framover, og det vil vere behov for å følgje opp med ytterlegare tiltak for å styrkje fondet framover.
Tabell 5.10 Kapitalsituasjonen for LUF 2021–2023 (i mill. kroner)
Rekneskap 2021 | Prognose 2022 | Prognose 2023 | |
---|---|---|---|
Løyving | 1 299,05 | 1 578,55 | 2 058,55 |
Eingongsmidlar | 57,25 | ||
Renteinntekter | 0,20 | 0,30 | 0,30 |
Andre inntekter¹ | 62,80 | 26,50 | 26,50 |
Løyving kap. 1149.71 | 63,57 | 61,17 | 61,17 |
SUM INNTEKTER | 1 425,62 | 1 723,78 | 2 146,53 |
Utbetalingar av tilskott frå fondet jf. årsrapport LUF 2021 | 1 566,99 | 1 693,41 | 1 783,67 |
Utbetalingar kap. 1149.71 | 63,57 | 61,17 | 61,17 |
Endring i tilskottsramme² | 430,00 | ||
SUM UTBETALINGAR | 1 630,57 | 1 754,59 | 2 274,85 |
RESULTAT | -204,94 | -30,81 | -128,32 |
Utvikling i eigenkapital | 542,91 | 512,10 | 383,78 |
Inneståande i Norges Bank, inkl. a konto IN | 561,54 | 500,10 | 377,32 |
Uteståande investeringslån | 23,11 | 11,97 | 6,47 |
Tapsfond risikolån BU | -41,65 | ||
Kortsiktig gjeld | -0,09 | ||
Utvikling i likviditet | |||
Tilført årsbevilgning og andre inntekter | 1 425,62 | 1 723,78 | 2 146,53 |
Netto tilførsel av kapital ifm. Investeringslån (avdrag) | 24,54 | 13,41 | 5,50 |
Disponibel likviditet | 1 450,16 | 1 737,19 | 2 152,03 |
Utbetalingar | 1 630,57 | 1 754,59 | 2 274,85 |
Endring i likviditet | -180,40 | -17,40 | -122,82 |
1 Omfattar overføringar frå kapittel 1149, post 73 ekstraordinært plantetilskott, overføringar frå to statsforvaltarar til ordninga Verdsarv, og overføring frå Reindriftens utviklingsfond til ordninga konfliktførebyggjande tiltak jordbruk/reindrift og overføring frå Miljødirektoratet til ordninga Utvalde kulturlandskap.
2 Auken i tilskottsramma for 2023 kjem truleg ikkje til utbetaling i sin heilskap i 2023.
Nærare om tilskottsramma over LUF
Tabell 5.11 viser tilskottsramma for LUF i 2023, i tillegg til endring i tilskottsramma frå 2022 til 2023. Samla tilskottsramme frå fondet blir auka med 430 mill. kroner i 2023 til 2 321 mill. kroner. I tillegg kjem utbetalingsforpliktingar for rentestøtteordninga på 10 mill. kroner og ei avsetjing på 4 mill. kroner til Landbruksdirektoratet sin administrasjon av fondet.
Ein vesentleg del av tilskottsramma for LUF er i 2023 sett av til ordningar som skal stimulere til investering og bedriftsutvikling, næringsutvikling og gründerskap i landbruket. Skogbruk, og ordningar knytta til klima- og miljøtiltak, utgjer ein anna sentral del av tilskottsramma til fondet. Investeringstilskott for å imøtekomme dyrevelferdskrav, ordningar med klima- og miljøinnretning, skogbrukstiltak og ei distriktsretta satsing mot Nord-Noreg, er prioritert.
Tabell 5.11 Tilskottsramme LUF (i mill. kroner)
2022 | 2023 | Endring 2022–2023 | |
---|---|---|---|
Bedriftsretta midlar til investering og utvikling | 879,5 | 1 150,5 | 271,0 |
Nasjonale tilretteleggingsmidlar inkl. grøntprosjekt | 6,0 | 16,0 | 10,0 |
Inn på tunet-løftet del 2 | 3,0 | 0,0 | -3,0 |
Regionale tilretteleggingsmidlar | 43,0 | 40,0 | -3,0 |
Områderetta innsats | |||
Berekraftig matproduksjon i nord | 17,0 | 17,0 | |
Arktisk landbruk | 4,0 | 0,0 | -4,0 |
Fjellandbruket | 4,0 | 3,0 | -1,0 |
Rekruttering og kompetanse i landbruket | |||
Regionale kompetansenettverk for lokalmat | 12,7 | 14,7 | 2,0 |
Regionale tilskott til rekruttering og komp.heving | 12,0 | 14,0 | 2,0 |
Nasjonal modell for vaksenagronom | 17,0 | 17,0 | 0,0 |
Mentorordning | 3,0 | 4,0 | 1,0 |
Forsking og utvikling | 77,0 | 77,0 | 0,0 |
PRESIS- Presisjonsjordbruk i praksis | 4,0 | 4,0 | 0,0 |
Stiftelsen Norsk mat | 57,0 | 66,0 | 9,0 |
Utviklingsprogrammet for landbruks- og reindriftsbasert vekst og verdiskaping | 85,3 | 84,3 | -1,0 |
Bondens marked og Norsk Gardsost | 0,0 | 4,0 | 4,0 |
Verdiskapingsprogrammet for fornybar energi og teknologiutvikling i landbruket | 112,0 | 162,0 | 50,0 |
Skogbruk | 221,0 | 260,0 | 39,0 |
Oppfølging av handlingsplan mot villsvin | 2,0 | 3,0 | 1,0 |
Midlar til konfliktførebyggjande tiltak jordbruk/reindrift | 1,5 | 1,5 | 0,0 |
Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) | 147,0 | 170,0 | 23,0 |
Drenering¹ | 68,0 | 68,0 | 0,0 |
Klimasmart landbruk | 0,0 | 10,0 | 10,0 |
Tilskott til tiltak i beiteområde | 26,0 | 31,0 | 5,0 |
Handlingsplan for plantevernmidlar | 12,0 | 14,0 | 2,0 |
Klima- og miljøprogram | 28,0 | 37,0 | 9,0 |
Biogass | 12,0 | 13,0 | 1,0 |
Verdsarvområda og Utvalde kulturlandskap | 23,0 | 25,0 | 2,0 |
Utviklingstiltak innan økologisk landbruk² | 31,0 | 15,0 | -16,0 |
SUM tilskottsramme³ | 1 891,0 | 2 321,0 | 430,0 |
1 Tilskottssats for systematisk grøfting, profilering og omgraving blir auka frå 2000 kr/dekar til 2500 kr/dekar. Ved anna grøfting blir tilskottsatsen på 30 kroner per løpemeter grøft uendra, men avgrensa oppover til 2500 kr/dekar. Auken i sats får verknad frå 1.7.2022.
2 Av ordninga er 5 mill. kroner flytta til kap. 1150 , post 73 Norsk Landbruksrådgiving, 5 mill. kroner er flytta til klima- og miljøprogrammet og 6 mill. kroner er flytta til nasjonale tilretteleggingsmidlar.
3 I tillegg til tilskottsramma må det med utgangspunkt i utbetalingsprognosane for fondet, jf. Landbruksdirektoratets årsrapport for fondet, avsetjast ei ramme på 10 mill. kroner til rentestøtteordninga og 4 mill. kroner til Landbruksdirektoratet sin administrasjon av fondet. Desse avsetjingane er inkludert i framtidige utbetalingsprognosar for fondet.
For fullstendige føringar for dei enkelte ordningane under LUF viser departementet til Prop. 120 S (2021–2022) Endringer i statsbudsjettet for 2022 under Landbruks- og matdepartementet (Jordbruksoppgjøret 2022 m.m.).
Post 70 Marknadstiltak, kan overførast
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
70.11 | Tilskott til marknadstiltak grøntsektoren | 31 400 | 31 400 | 35 900 |
70.12 | Tilskott til råvareprisutjamningsordninga | 196 635 | 206 040 | 255 200 |
70.13 | Tilskott til avrensordninga poteter | 37 583 | 41 000 | 44 000 |
Sum post 70 | 265 619 | 278 440 | 335 100 |
Det blei i 2021 nytta 265,6 mill. kroner i tråd med formålet med løyvinga. Departementet gjer framlegg om ei løyving på 335,1 mill. kroner i 2023.
Underpost 70.11 Tilskott til marknadstiltak i grøntsektoren
Formålet med marknadstiltaka er å bidra til å nå målprisane for dei ulike jordbruksprodukta, jamne ut produsentpris og pris til forbrukarar over heile landet, skape avsetnad for produsert vare og bidra til å sikre forsyningar i alle forbruksområde. I grøntsektoren blir kostnadane ved marknadsregulering, opplysningsverksemd og faglege tiltak dekte av løyvinga til marknadstiltak, mens desse tiltaka blir dekte gjennom omsetnadsavgift for andre produksjonar. Partane i jordbruksoppgjeret var samde om å auke løyvinga til Opplysningskontoret for frukt og grønt (OFG) med 2 mill. kroner. Dette gir ei løyving på underposten på 35,9 mill. kroner i 2023.
Underpost 70.12 Tilskott til råvareprisutjamningsordninga
Formålet med RÅK-ordninga er å jamne ut skilnader i råvarekostnader mellom norske og utanlandske ferdigvarer som blir omsette i Noreg. Frå 2021 er ordninga med eksportrestitusjon avvikla. Dette har redusert løyvinga med om lag 36 mill. kroner. Løyvingane over denne ordninga må vere avpassa engrosprisane på norskproduserte jordbruksvarer. Prisane på verdsmarknaden kan variere mykje. Gjennomgåande er det no svært høge internasjonale prisar som har redusert løyvingsbehovet på denne ordninga. Også svingingar i valutamarknaden påverkar løyvingsbehovet.
Auken er målprisauken i jordbruksavtalen, og andre prisauke på norsk produksjon, gir ein auke i løyvinga tilsvarande 17,6 mill. kroner. Partane blei òg samde om ein auke i løyvinga til RÅK med 10 mill. kroner som skal finansiere nye produkt inn i ordninga.
Samla gir dette ei løyving på underposten på 255,2 mill. kroner i 2023.
Underpost 70.13 Tilskott til avrensordninga poteter
Formålet med ordninga er å sikre avsetjing av norskproduserte avrenspoteter. Avrenspoteter er fråsorterte poteter som ikkje kan nyttast til mat eller industriproduksjon. Det blir gitt prisnedskrivingstilskott til produksjon av rektifisert potetsprit eller potetstivelse ved avtale om mottak av avrenspoteter frå godkjente omsetnadsledd i marknadsordninga for poteter. Dette gir redusert matsvinn og lågare klimagassutslepp. Partane i jordbruksoppgjeret var samde om å auke løyvinga for poteter nytta til spritproduksjon med 3 mill. kroner. Dette gir ei løyving på underposten på 44,0 mill. kroner i 2023.
Post 71 Tilskott ved avlingssvikt, overslagsløyving
Formål med løyvinga
Formålet med løyvinga er å redusere økonomiske tap i plante- og honningproduksjon som kjem av klimatiske forhold som det ikkje er mogleg å sikre seg mot.
Rapportering 2021
Det blei i 2021 nytta 95,4 mill. kroner i tråd med formålet med løyvinga.
Det blei utbetalt 95,4 mill. kroner i tilskott ved produksjonssvikt i 2021. Det er noko mindre enn budsjettert, men om lag 10 mill. kroner meir enn i eit normalår. Årsaka til mindreforbruk er mange dispensasjonssøknader som har krevd lengre tid til sakshandsaming enn venta. Ein relativt stor del av utbetalingane i 2021 er relatert til store skadar på fruktavlingane på Vestlandet i 2020.
I 2021 blei det motteke 436 søknadar om tilskott ved klimabetinga produksjonssvikt. For den mellombelse ordninga med tilskott ved tap forårsaka av mangel på arbeidskraft, kom det 37 søknadar.
Av tilskottsutbetalingane for produksjonssvikt i planteproduksjon i 2021, utgjorde tilskott ved tap forårsaka av mangel på arbeidskraft 5,9 mill. kroner. Dette er noko meir enn det som blei sett av innanfor ordninga. Om lag halvparten av sakene frå 2021 gjensto ved inngangen til 2022.
Det blei motteke 28 søknadar om tilskott etter svikt i honningproduksjon i 2021. Forbruket i 2021 blei noko lågare enn prognosert, fordi få av sakene var klare for utbetaling innan årsskiftet.
Budsjettframlegg 2023
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 96,5 mill. kroner.
I jordbruksoppgjeret er det gjort framlegg om ei førebels justering av alle berekningssatsar med 15 pst. Partane er òg samde om å auke taket for utbetaling av tilskott til vekstgruppene poteter, grønsaker, frukt og bær til 1,5 mill. kroner. Det er lagt til grunn at dette gir ei auka løyving på 13,5 mill. kroner.
Post 73 Pristilskott, overslagsløyving
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Under post | Nemning | Rekneskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
73.11 | Pristilskott ull | 107 569 | 110 000 | 108 000 |
73.13 | Pristilskott mjølk | 707 475 | 703 100 | 729 700 |
73.15 | Pristilskott kjøtt | 1 444 993 | 1 447 500 | 1 707 435 |
73.16 | Distriktstilskott egg | 3 330 | 3 300 | 5 500 |
73.17 | Pristilskott grøntsektoren | 140 413 | 170 600 | 288 400 |
73.18 | Frakttilskott | 394 841 | 400 100 | 446 500 |
73.19 | Pristilskott korn | 1 143 989 | 1 198 600 | 2 096 400 |
Sum post 73 | 3 942 610 | 4 033 200 | 5 381 935 |
Det blei i 2021 nytta 3 942,6 mill. kroner i tråd med formålet med løyvinga. Departementet gjer framlegg om ei løyving på post 73 på 5 381,9 mill. kroner i 2023.
I jordbruksoppgjeret blei det gjort satsendringar som aukar løyvinga på posten med 1 223,4 mill. kroner. I tillegg er det prognosert kvantumsendringar som aukar løyvinga med 125,3 mill. kroner. Den samla løyvinga på posten aukar då med 1 348,7 mill. kroner.
Underpost 73.11 Pristilskott ull
Formålet med tilskottet er å bidra til å nå måla for inntekts- og produksjonsutvikling i sauehaldet som ikkje i tilstrekkeleg grad kan sikrast gjennom marknadspris og andre tilskott. Tilskottet skal òg bidra til å betre kvaliteten på norsk ull og sikre avsetnad i marknaden for norsk ull av god kvalitet.
I jordbruksoppgjeret blei ordninga ført vidare med uendra satsar, men prognosane viser ein nedgang i volumet som gir grunnlag for ein reduksjon i løyvinga på 2 mill. kroner. Dette gir ei løyving på underposten på 108,0 mill. kroner.
Underpost 73.13 Pristilskott mjølk
Løyvinga omfattar ordningane med grunntilskott til geitemjølk og distriktstilskott for mjølk og mjølkeprodukt.
Formålet med pristilskott til mjølk er å bidra til ei inntekts- og produksjonsutvikling i mjølkeproduksjonen som er med på å halde oppe busetjing og sysselsetjing i heile landet gjennom å jamne ut skilnader i lønsemda i produksjonen.
Ut over område med nullsats, blir det gitt distriktstilskott med ni ulike satsar for mjølk produsert i område med høge produksjonskostnader i Sør-Noreg, og for all mjølk i Nord-Noreg. Etter jordbruksavtalen i år vil satsane for distriktstilskottet varierer frå null og opp til 195 øre per liter.
I jordbruksavtalen blei satsane auka med 6 øre/liter i Nord-Noreg (sone G-J) og 1–3 øre/liter i Sør-Noreg, med unntak av sone A der satsen er 0. Endringa av satsar gir ein auke i løyvinga med 36,7 mill. kroner. Prognosen for 2023 viser noko nedgang i produksjonen og ei redusert løyving tilsvarande 10 mill. kroner. Dette gir ei løyving på underposten på 729,7 mill. kroner. Løyvinga på underposten er fordelt med 70,0 mill. kroner til grunntilskott for geitemjølk og 659,7 mill. kroner i distriktstilskott for all mjølk.
Underpost 73.15 Pristilskott kjøtt
Ordninga omfattar grunntilskott og distriktstilskott for kjøtt, kvalitetstilskott for storfekjøtt og kvalitetstilskott for slakt av lam og kje.
Formålet med tilskotta er å bidra til ei inntekts- og produksjonsutvikling som er med på å halde oppe busetjing og sysselsetjing i heile landet gjennom å jamne ut skilnader i lønsemda i produksjonen. Grunntilskottet skal òg bidra til rimelegare kjøtt og foredla kjøttprodukt til forbrukaren, mens kvalitetstilskotta skal stimulere til ein auke i produksjonen av kjøtt med høg kvalitet.
Distriktstilskott går i hovudsak til kjøtt frå grovfôrbaserte produksjonar differensiert på fem soner. Det blir òg gitt distriktstilskott til produksjon av svinekjøtt i Nord-Noreg, Agder og Vestlandet med unntak av Rogaland.
Grunntilskottet for kjøtt blir berre gitt til slakt av sau/lam og geit/kje.
I jordbruksoppgjeret blei kvalitetstilskottet for lammeslakt auka med 75 kroner per slakt, og kvalitetsttilskottet for storfe blei auka med 3,00 kr per kg. Distriktstilskottet for sonene i Nord-Noreg blei auka med 1 kr/kg for storfe, sau og geit, og med 0,5 kr/kg for gris. Samla gir dette ei auka løyving med 236 mill. kroner.
Volumprognosen gir ein auke tilsvarande 23,9 mill. kroner. Dette gir ei løyving på underposten på 1 707,4 mill. kroner. Av dette utgjer grunntilskottet til sau/lam og geit/kje 90,1 mill. kroner, kvalitetstilskottet til storfekjøtt 438,9 mill. kroner, distriktstilskottet 673,3 mill. kroner og tilskott til lammeslakt og kjeslakt 505,1 mill. kroner.
Underpost 73.16 Distriktstilskott egg
Formålet med ordninga er å bidra til eggproduksjon i heile landet gjennom å jamne ut geografiske skilnader i lønsemda i produksjonen. Tilskottet omfattar Nord-Noreg og Vestlandet utanom Rogaland. I jordbruksavtalen er satsen auka med 0,13 kr/kg for Vestland og 0,50 kr/kg for Nord-Noreg. Dette aukar løyvinga med 2,1 mill. kroner, og det er prognosert ei løyving på underposten på 5,5 mill. kroner i 2023.
Underpost 73.17 Pristilskott grøntsektoren
Formålet med ordninga er å betre inntekta for produsentane innan grøntsektoren og bidra til ein geografisk spreidd produksjon.
Ordninga omfattar distriktsdifferensierte tilskott til konsumproduksjon av eple, pære, plomme, kirsebær, morellar og bær. Ordninga omfattar òg leveransar av pressfrukt til industri og til produksjon av matpotet i Nord-Noreg. Det blir òg gitt distriktsdifferensierte tilskott til produksjon av salat og veksthusproduksjon av tomat og slangeagurk.
Distriktsdifferensieringa følgjer dei same sonene som tilskott for areal- og kulturlandskap.
I jordbruksoppgjeret blei satsane i ordninga auka med 3 kroner per kg for produksjon av frukt og bær til konsummarknaden. For pressfrukt blei satsen auka med 1,50 kroner per kg, mens det blei innført eit ekstra tilskott for produksjon av bær til industri med 2 kroner per kg. Tilskottet for tomat og agurk i veksthus blei auka med 1,50 kr/kg, mens tilskottet til produksjon av salat blei auka med 0,50 kr per stk., og tilskottet for potetproduksjon i Nord-Noreg blei auka med 0,20 kroner per kg.
Det samla utslaget av alle satsendringane gir ein auke i løyvinga på 96,4 mill. kroner. Det er prognosert eit auka volum tilsvarande 21,4 mill. kroner. Samla forbruk over ordninga er etter dette berekna til 288,4 mill. kroner. Av dette er det rekna 280,6 mill. kroner til grønt og 7,8 mill. kroner til potetproduksjon i Nord-Noreg.
Underpost 73.18 Frakttilskott
Ordninga omfattar tilskott til frakt av slaktedyr, egg, korn, kraftfôrråvarer og kraftfôr. Frakttilskotta skal bidra til å jamne ut prisane til produsent og forbrukar. Tilskott til frakt av slaktedyr skal òg bidra til å vareta rammevilkåra for små slakteri. Frakttilskotta er baserte på at råvarekjøparane og produsentane må dekkje ein eigendel av kostnadene.
Fraktkostnadene har auka mykje, og i jordbruksoppgjeret blei satsane auka med om lag 10 pst. tilsvarande 41,2 mill. kroner. Saman med ein volumauke gir dette ei auka løyving tilsvarande 46,4 mill. kroner.
Dette gir ei løyving på underposten på 446,5 mill. kroner. Av dette er 170,0 mill. kroner til frakt av kjøtt, 8,3 mill. kroner til frakt av egg og 268,2 mill. kroner til frakt av kraftfôr og råvare til kraftfôr.
Underpost 73.19 Pristilskott korn
Formålet med ordninga er å sikre avsetnad av norskprodusert korn, erter og oljefrø, og å regulere kostnadene og konkurransekrafta til norsk husdyrproduksjon, i tillegg til å styrkje konkurransekrafta til norsk cerealindustri.
Ordninga omfattar tilskott til prisnedskriving ved kjøp av norskprodusert korn for vidare sal eller tilverking av kraftfôr eller mat, og tilskott til føretak som nyttar norskprodusert korn i tilverking av mjøl eller andre cerealprodukt som blir nytta til mat (matkorntilskott). Gjennom desse ordningane kan ein då regulere prisen på råvarer til kraftfôr og matmjøl. For å fremje avsetnaden av økologisk korn og erter, blir det gitt høgare satsar for økologisk produsert vare.
I jordbruksoppgjeret blei målprisane for matkorn auka med 1,00 kr per kg, og 0,93 kr per kg i gjennomsnitt for fôrkorn.
Den ekstraordinære situasjonen på verdsmarknaden har gitt internasjonale prisar som i 2022 ligg over norsk engrospris. Utan tiltak er det då ikkje mogleg å oppretthalde eit målprissystem i Noreg. Partane i jordbruksoppgjeret innførte difor eit mellombels system med prinedskriving av både norsk og importert karbohydratråvare til eit norsk engrosprisnivå. Prisnedskrivinga av det norske kornet blei etter dette auka med 0,55 kr/kg, mens importert korn til kraftfôr vil få eit pristilskott på 0,82 kr/kg med dei verdsmarknadsprisane (VM-prisane) som blei registrert i mai 2022. Dersom marknaden blir normalisert og prisane går ned, vil dette redusere prisnedskrivinga av det importerte tilsvarande.
Matkorntilskottet kjem i tillegg til prisnedskrivinga. Med den marknadssituasjonen som er no, vurderte partane at norsk bakeindustri vil bli styrkt mot importkonkurranse med den generelle prisnedskrivinga av norsk korn utan ekstra matkorntilskott. Matkorntilskottet blei difor mellombels sett til 0 i sesongen 2022/2023.
Satsendringane i jordbruksoppgjeret krev ei auka løyving på 811,0 mill. kroner, mens ein prognosert auke i norsk kornproduksjon vil krevje ytterlegare 66,1 mill. kroner.
Dette gir ei løyving på underposten på 2 096,4 mill. kroner.
Post 74 Direkte tilskott, kan overførast
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Under post | Nemning | Rekneskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
74.11 | Driftstilskott mjølk og kjøtt | 1 670 567 | 1 762 000 | 2 483 700 |
74.14 | Tilskott husdyr | 2 594 033 | 2 807 300 | 4 069 645 |
74.16 | Beitetilskott | 1 040 204 | 1 687 500 | 1 349 000 |
74.17 | Areal- og kulturlandskapstilskott | 3 570 613 | 3 648 600 | 5 360 500 |
74.19 | Tilskott til regionale miljøprogram | 548 690 | 601 100 | 786 100 |
74.20 | Tilskott til økologisk jordbruk | 124 235 | 130 200 | 146 600 |
Sum post 74 | 9 548 342 | 10 636 700 | 14 195 545 |
Det blei i 2021 nytta 9 548,3 mill. kroner i tråd med formålet med løyvinga.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 14 195,5 mill. kroner i 2023.
I jordbruksoppgjeret blei satsane for ordningane under post 74 auka tilsvarande 3 558,8 mill. kroner. Alle satsar under denne posten er førebelse, og kan bli justert for å tilpasse forbruket til budsjettet i samband med utbetaling av produksjonstilskott i februar 2023.
Underpost 74.11 Driftstilskott mjølk og kjøtt
Formålet med driftstilskottet er å styrkje økonomien i mjølkeproduksjonen og i produksjon av storfekjøtt. Tilskottet skal òg jamne ut skilnader i lønsemd mellom føretak av ulik storleik, og har òg ei geografisk differensiering.
Ordninga består av tilskott til føretak med mjølkeproduksjon og tilskott til føretak med kjøttproduksjon på ammekyr. Satsane er differensierte etter dei same sonene som for tilskott til areal og kulturlandskap.
Driftstilskottet til mjølkeproduksjon er like stort per føretak for alle som har fem kyr eller meir. I jordbruksoppgjeret blei satsen for bruk med mjølkeku auka med 70 000 kroner per føretak i alle soner. Tilskottet varierer etter dette mellom 234 555 kroner og 273 550 kroner per føretak.
For driftstilskottet til produksjon med ammekyr blei satsen auka med 84 000 kroner per føretak i sone 1–4, og med 104 000 kroner per føretak i sone 5–7. For føretak med mindre enn 40 kyr utgjer dette høvesvis 2100 kroner og 2 600 kroner per ku. Tilskottet blir etter dette 230 500 kroner per føretak i sone 1–4 og 297 520 kroner i sone 5–7.
Auken i satsane, rekna saman med ei innsparing som følgje av redusert tal på dyr/føretak, krev ei auka løyving på 721,7 mill. kroner.
Dette gir ei løyving på underposten på 2 483,7 mill. kroner. Av dette er 669,2 mill. kroner til kjøttproduksjon og 1 814,5 mill. kroner til mjølkeproduksjon.
Underpost 74.14 Tilskott husdyr
Formålet med tilskottet er å styrkje og jamne ut inntektene til føretak med ulike husdyrproduksjonar og etter storleiken på husdyrhaldet. Ordninga skal òg styrkje økonomien i honningproduksjon og bidra til bevaring av gen for gamle husdyrrasar. Tilskottet blir gitt per dyr/slakt/bikube. Satsane per dyreslag blir trappa ned med aukande dyretal per føretak.
I jordbruksoppgjeret blei satsen for mjølkekyr auka med 775 kroner per ku, for ammekyr blei satsen auka med 1 000 kroner per ku for dei første 50 kyrne og 450 kroner ut over dette. For andre storfe blei satsen auka med 400 kroner per dyr, mens tilskottet til små og mellomstore mjølkebruk blei auka med 840 kroner per ku opp til 23 kyr. For storfe samla gir alle salsaukane ei løyving på 567,7 mill. kroner.
Det blei innført eit nytt satsintervall ved 75 sau med ein satsauke på 900 kroner per vinterfôra sau opp til dette, og 450 kroner per dyr frå 76–150 dyr. Det krev ein auke i løyvinga på 674,1 mill. kroner. Det blei òg gitt salsauker for verpehøner tilsvarande 11,3 mill. kroner, for bifolk med 9,7 mill. kroner og hjort med 1,3 mill. kroner. Til ordninga med genbevaring av husdyrrasar, blei det sett av 1,3 mill. kroner til auka sats for storfe.
Verknaden av endra satsar i jordbruksoppgjeret og tilpassing av løyvingsbehovet til dyretalet krev ein auke i løyvinga på 1 262,3 mill. kroner. Dette gir ei samla løyving på underposten på 4 069,6 mill. kroner. Av dette er 25,7 mill. kroner sett av som ekstra tilskott til genbevaring av husdyrrasar.
Underpost 74.16 Beitetilskott
Formålet med ordninga er å stimulere til pleie av kulturlandskap og å oppnå god utnytting av utmarksbeiteressursane.
Ordninga består av eit tilskott for dyr som beitar i utmark, og eit tilskott for dyr som beitar i kulturlandskapet (innmark og/eller utmark). Det er krav til minimum beitetid for å få rett til tilskotta. Dei som mottek tilskott for dyr som beitar i utmark, kan òg få det generelle beitetilskottet for dei same dyra.
I jordbruksoppgjeret blei satsane for utmarksbeitetilskottet auka med 270 kroner per dyr for storfe m.m., og med 65 kroner per dyr for småfe. Satsane i beitetilskottet blei auka med 85 kroner per dyr for storfe m.m. og 10 kroner per dyr for småfe m.m. Satsendringane gir, saman med prognosen for talet på beitedyr, ei auka løyving på 271,0 mill. kroner.
Dette gir ei løyving på underposten på 1 349,0 mill. kroner fordelt med 866,7 mill. kroner for dyr på utmarksbeite og 482,3 mill. kroner i generelt beitetilskott.
Underpost 74.17 Areal- og kulturlandskapstilskott
Formålet med tilskottet er å bidra til å skjøtte, vedlikehalde og utvikle kulturlandskapet gjennom aktiv drift, og til å halde jordbruksareal i drift i samsvar med gjeldande landbrukspolitiske mål. Tilskottet er ein del av det nasjonale miljøprogrammet.
Ordninga omfattar eit tilskott til kulturlandskap med den same satsen per dekar til alt jordbruksareal som oppfyller vilkåra for arealtilskott. Som eit tiltak for å nå målet om aktivt jordbruk over heile landet, blir det i tillegg gitt eit arealtilskott der satsane per dekar er differensierte ut frå type produksjon og kvar i landet produksjonen skjer. Dette skal bidra til å styrkje og jamne ut inntektene mellom ulike produksjonar og mellom distrikt med varierande driftskostnader og avlingsnivå.
I jordbruksoppgjeret blei satsen for kulturlandskapstilskottet for alt dyrka areal auka frå 215 kr/dekar til 265 kr/dekar. Arealtilskott grovfôr blei auka med 50 kroner per dekar i sonene 1–4, 75 kroner per dekar i sone 5A og 5B, og med 90 kroner per dekar i sonene 6–7. Dette gir ei auka løyving på 411 mill. kroner. For korn er satsane auka med 60 kroner per dekar i sonene 1–4, og med 106 kroner per dekar i sonene 5–7. Dette gir ei auka løyving på 183 mill. kroner.
For dei andre produksjonane er satsen auka med 100 kroner per dekar for potet, 200 kroner per dekar for grønsaker, og med 450 kroner per dekar for frukt og bær. Dette gir ei auka løyving på 45 mill. kroner.
Dette gir ei samla løyving til arealtilskott i 2023 på 5 360,5 mill. kroner, som er fordelt med 2 337,9 mill. kroner i kulturlandskapstilskott og 3 022,6 mill. kroner i arealtilskott.
Underpost 74.19 Tilskott til regionale miljøprogram
Nasjonalt miljøprogram er inndelt i åtte miljøfaglege tema der jordbruket har eit sektoransvar, og legg rammene for utforminga av dei regionale miljøprogramma. Formålet med ordninga er å sikre miljøkvalitetar og kulturlandskap, og å hindre erosjon og avrenning av næringsstoff til vatn gjennom eit regionalt tilpassa regelverk for økonomisk støtte. Dei regionale miljøprogramma har tiltak med tilhøyrande tilskott retta mot føretak innanfor følgjande område: redusert forureining til vatn og luft, varetaking av kulturlandskap og kulturminne, tilrettelegging for friluftsliv og tilgjenge, varetaking av biologisk mangfald, utslepp til luft, plantevern og miljøavtale. Miljøutfordringane varierer frå fylke til fylke. Dei regionale miljøprogramma gir ei målretting av miljøinnsatsen i jordbruket ut over det som er mogleg gjennom generelle nasjonale ordningar. Programmet skal òg gi føringar for prioriteringar i dei kommunale tiltaksstrategiane for bruk av SMIL-midlar. Rapporteringa tyder på stor aktivitet i fylka, og at det gir auka målretting og differensiering av miljøarbeidet.
Noverande programperiode gjeld frå 2019 til 2022. Jord og jordhelse blir inkludert som eige miljøtema i samband med rulleringa av dei regionale miljøprogramma som skal gjelde i kommande programperiode, 2023 til 2026. Landbruksdirektoratet har utarbeidd ein nasjonal instruks som dannar grunnlag for dei fylkesvise forskriftene.
I jordbruksoppgjeret blei det vedteke å auke ramma for ordninga med 185 mill. kroner i 2023, av dette er 70 mill. kroner øyremerkt til vassmiljøtiltak i fylka Oslo, Viken, Vestfold-delen av Vestfold og Telemark og Innlandet. Målet er å stimulere til auka oppslutning om vassmiljøtiltak i jordbruket og for å følgje opp Helhetlig tiltaksplan for Oslofjorden. Partane vedtok og å innføre ny fordelingsnøkkel for fylkesvis fordeling av RMP-midlar.
Den samla løyvinga på underposten blir 786,1 mill. kroner i 2023. Øvrige føringar for bruk av RMP-midlar står i Prop. 120 S (2021–2022) Endringer i statsbudsjettet 2022 under Landbruks- og matdepartementet (Jordbruksoppgjøret 2022).
Underpost 74.20 Tilskott til økologisk jordbruk
Formålet med ordninga er å stimulere til at ein større del av jordbruksproduksjonen er økologisk. Ordninga omfattar ekstra arealtilskott og husdyrtilskott til økologisk produksjon.
I jordbruksoppgjeret blei satsane for det ekstra arealtilskottet for økologisk kornproduksjon auka med 100 kroner per dekar. Tilskottet for areal i 1. års karens blei auka med 100 kroner per dekar, mens arealtilskottet for grovfôr blei auka med 15 kroner per dekar. Satsane for dei ekstra tilskotta til økologisk husdyrproduksjon blei auka med 500 kroner per ku for mjølkekyr og ammekyr. Endringa i satsane til økologisk produksjon aukar løyvinga med 16,4 mill. kroner.
Samla løyving på underposten blir etter dette på 146,6 mill. kroner, som er fordelt med 88,5 mill. kroner i husdyrtilskott og 58,1 mill. kroner i arealtilskott.
Post 77 Utviklingstiltak, kan overførast
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Under post | Nemning | Rekneskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
77.11 | Tilskott til dyreavl m.m. | 92 112 | 96 145 | 106 245 |
77.12 | Tilskott til frøavl m.m. | 16 520 | 25 020 | 29 060 |
77.13 | Tilskott til rådgiving | 98 000 | 98 000 | 108 000 |
77.15 | Tilskott til kvalitetstiltak | 50 376 | 52 156 | 55 856 |
77.17 | Tilskott til fellesanlegg for frukt | 16 000 | 17 000 | 20 700 |
Sum post 77 | 273 014 | 288 321 | 319 861 |
Det blei i 2021 nytta 273,0 mill. kroner i tråd med formålet med løyvinga.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 319,9 mill. kroner i 2023.
Underpost 77.11 Tilskott til dyreavl m.m.
Tilskott til dyreavl m.m. skal bidra til avlsmessig framgang og populasjonar av friske og sunne husdyr tilpassa miljøet. Ordninga skal òg sikre genetisk variasjon i populasjonane og byggje på berekraftige prinsipp basert på ein tilstrekkeleg stor og effektiv avlspopulasjon og inkludering av funksjonelle eigenskapar i avlsmålet.
Tilskottet skal bidra til at kostnadene ved inseminering av ku og svin kan haldast på om lag same nivå i heile landet, og til å jamne ut kostnadene mellom husdyrbrukarar som nyttar veterinærtenester.
Partane i jordbruksoppgjeret auka køyregodtgjersla med 2 kr/km og innlemma handsaming av embryo til storfe i ordninga. Det gir ei auka løyving på 6,5 mill. kroner. Løyvinga til semintenester blei auka med 5 mill. kroner. Dette saman med ein liten reduksjon i prognosert forbruk på ordninga gir ei løyving på 106,2 mill. kroner. Den er fordelt med 30,6 mill. kroner til semintenester, 61,3 mill. kroner til veterinærreiser og 14,3 mill. kroner til avlsorganisasjonar.
Underpost 77.12 Tilskott til frøavl m.m.
Formålet med ordninga er å fremje frøforsyning av gras, belgvekstar, rotvekstar og grønsaker med klimatilpassa sortar. Det er tre typar tilskott under ordninga: pristilskott, arealtilskott og lagringstilskott. For å sikre tilgang til klimatilpassa såvare blir det òg gitt tilskott til overlagring av såkorn mellom kornsesongar.
Tilskottet til frøavl blir gitt til sertifisert frøavl av godkjende sortar.
For å sikre forsyninga av såkorn i år med små volum eller dårleg kvalitet på norsk såkorn, blir det gitt tilskott til beredskapslagring av såkorn mellom avlingsåra. Som oppfølging av den nasjonale pollinatorstrategien, blir ordninga utvida til å omfatte pollinatorvenlege frøblandingar. Avsetjinga er auka med 2 mill. kroner til 19,0 mill. kroner.
For beredskapslagringa av såkorn er tilskottet 90 øre per kg innanfor ei ramme på 10 mill. kroner. Det blei ikkje gjort satsendringar i jordbruksoppgjeret, men prognosen tyder på at ikkje heile ordninga blir utnytta. Det gir ei innsparing på 4 mill. kroner. Dette gir ei samla løyving på underposten på 25,0 mill. kroner.
Underpost 77.13 Tilskott til rådgiving
Formålet med tilskottet er å bidra til kunnskapsoppbygging hos bøndene ved å sikre eit likeverdig rådgivingstilbod over heile landet med ein systematisk flyt av ressursar og kompetanse til alle som etterspør rådgiving. Støtta over jordbruksavtalen skal leggje eit økonomisk grunnlag for drift i dei regionale rådgivingseiningane hos Norsk Landbruksrådgiving (NLR). Rammevilkåra og utfordringane for landbruket krev både næringspolitiske tilpassingar, produksjonstilpassingar og faglege tilpassingar. Rådgivingseiningane utgjer eit fagleg bindeledd mellom landbruksforskinga og landbruket. NLR har kjernekompetanse på god agronomi og gir råd innan planteproduksjon, maskin- og byggteknikk, næringsutvikling, føretaksøkonomi, økologisk landbruk, miljøtiltak, klimatiltak og HMS.
Landbruksdirektoratet sin gjennomgang av støtta som blir gitt over jordbruksavtalen til NLR, jf. rapport nr. 9/2022, viser at dagens forvaltning av verkemidla til NLR ikkje i tilstrekkeleg grad bidreg til at ein når målet med tilskottet. Det må òg gjerast endringar for at tilskottsforvaltninga skal oppfylle krava i økonomiregelverket i staten.
I jordbruksoppgjeret jf. Prop. 120 S (2021–2022) viste avtalepartane til at målet med støtta til NLR er å bidra til eit likeverdig rådgivingstilbod til alle bønder i hele landet. Dette betyr at alle bønder skal ha tilgang til fagleg kompetent rådgiving innanfor dei områda støtta over jordbruksavtalen er meint å gå til, uavhengig av geografisk tilhøyrsle og medlemskap. Støtta skal òg bidra til å sikre eit landsomfattande tilbod av krisebistand. For at NLR skal kunne oppfylle dette målet, samtidig som midlane blir nytta slik at oppgåvene blir løyste på ein mest mogleg målretta og effektiv måte, må organisasjonen vere innretta slik at den kan gjere heilskaplege prioriteringar som sikrar systematisk flyt av kompetanse og ressursar. Spisskompetansen på enkeltområde i ein region må kunne komme alle bønder til gode, uavhengig av geografisk tilhøyrsle og medlemskap.
Dagens oppgåveløysing må bli meir samordna, einskapleg og effektiv. Dette er ein føresetnad for at NLR skal få tildelt tilskott framover i tid. Partane viste vidare til at dette ikkje kan gjerast utan at NLR organiserer seg som éi juridisk eining. Målet med støtta vil ikkje kunne bli oppfylt gjennom å tildele tilskott direkte til NLRs 10 juridiske regionale einingar kvar for seg. Partane understreka vidare at ein føresetnad for rådgivingstenesta er at NLR framleis skal vere til stades lokalt og regionalt. Avtalepartane blei i jordbruksoppgjeret samde om å avsetje ein eingongssum på 2 mill. kroner i 2023 som skal brukast til organisasjonsprosessen i NLR.
Partane blei òg samde om at vidare støtte til organisasjonen vil krevje at NLR innan 1.3.2023 legg fram ein plan for korleis samordning av organisasjonen skal realiserast. Det blir lagt til grunn at gjennomføring av planen vil setje organisasjonen i stand til å oppfylle formålet med støtta på om lag 100 mill. kroner innan 1.1.2024.
Avtalepartane ba Landbruksdirektoratet om å utvikle gode rapporteringsrutinar for tilskottet i dialog med NLR, slik at avtalepartane blir sett i stand til å vurdere om ressursbruken til NLR er i tråd med dei formål og føringar avtalepartane gir.
I påvente av NLR sitt arbeid med å utvikle ein meir funksjonell organisasjon, blir grunnløyinga på 98 mill. kroner halden uendra for 2023.
Frå og med 2023 blir 5 mill. kroner frå tilskott til utviklingstiltak innan økologisk jordbruk (Landbrukets utviklingsfond) overført til NLR. NLR har vidare ansvar for søknader om «Minor use». Situasjonen for tilgjengelege plantevernmiddel inneber at det er behov for kjøp av restanalysedata for to preparat årleg. Partane er samde om å auke løyvinga til dette arbeidet med 2 mill. kroner.
Ut over løyvinga til NLR er det òg sett av 1 mill. kroner over underposten for å støtte arbeidet til Norsk Gartnerforbund med energirådgiving i veksthusnæringa.
Samla løyving til underposten blir etter dette 108,0 mill. kroner.
Underpost 77.15 Tilskott til kvalitetstiltak
Formålet med ordninga er å bidra til å gjere norske jordbruksprodukt meir konkurransedyktige på heimemarknaden og på eksportmarknadene.
Formålet med framavlsarbeidet og det offentlege engasjementet i dette er å skaffe den norske potet- og grøntnæringa plantemateriale som er kontrollert for særskilde skadegjerarar, og med definerte eigenskapar som er tilpassa norske forhold. Formålet med å gi tilskott til statskontrollert setjepotetavl er å stimulere til auka bruk av setjepoteter av høg kvalitet.
I jordbruksoppgjeret blei det ikkje gjort endringar i ordninga, men løyvinga er tilpassa prognosert forbruk. Det er sett av ei løyving på underposten på 55,9 mill. kroner.
Løyvinga er fordelt som vist i tabell 5.12.
Tabell 5.12 Fordeling av tilskott til kvalitetstiltak i 2023 (i mill. kroner)
Utvikling av plantemateriale, nordisk | 2,400 |
Utvikling av plantemateriale, oppformering | 12,875 |
Utvikling av plantemateriale, Graminor | 26,660 |
Kvalitetstiltak settepotetavl | 13,921 |
Sum underpost 77.15 | 55,856 |
Underpost 77.17 Tilskott til fellesanlegg for frukt
Formålet med tilskottet er å fremje samarbeid om lagring, sortering, pakking og omsetnad av frukt som bidreg til å sikre forbrukarane tilgang på norsk kvalitetsfrukt.
I jordbruksoppgjeret blei ordninga styrkt med 3,7 mill. kroner eller om lag 0,35 kr/kg omsett frukt. Dette gir ei løyving på underposten på 20,7 mill. kroner.
Post 78 Velferdsordningar, kan overførast
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Under post | Nemning | Rekneskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
78.11 | Tilskott til avløysing | 1 217 785 | 1 233 067 | 1 335 367 |
78.12 | Tilskott til avløysing ved sjukdom m.m. | 124 299 | 133 000 | 168 100 |
78.14 | Tilskott til sjukepengeordninga | 32 600 | 32 600 | 36 900 |
78.15 | Tilskott til landbruksvikarordninga | 68 228 | 68 228 | 70 748 |
78.16 | Tilskott til tidlegpensjonsordninga | 68 510 | 67 950 | 67 950 |
Sum post 78 | 1 511 422 | 1 534 845 | 1 679 065 |
Det blei i 2021 nytta 1 511,4 mill. kroner i tråd med formålet med løyvinga.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 1 679,1 mill. kroner i 2023.
Underpost 78.11 Tilskott til avløysing
Formålet med ordninga er å leggje til rette for at husdyrbrukarar skal kunne ta ferie og få ordna fritid og hjelp til avlasting gjennom å bidra til å finansiere leige av arbeidskraft.
Tilskottet blir rekna ut på grunnlag av satsar per dyr. Satsane er differensierte etter dyreslag, men avgrensa til eit maksimalt tilskott per føretak. Dei som søkjer om tilskott, skal kunne dokumentere faktiske kostnader til leigd arbeid.
I jordbruksoppgjeret blei både maksimalt tilskott per føretak og satsane per dyr auka med om lag 10,0 pst. Taket for utbetaling per føretak er etter dette 96 580 kroner. Dette gir ei auka løyving på 121,4 mill. kroner, mens prognosane gir ei innsparing på 19,1 mill. kroner. Dette gir ei løyving på underposten på 1 335,4 mill. kroner.
Underpost 78.12 Tilskott til avløysing ved sjukdom m.m.
Formålet med ordninga er å bidra til å finansiere avløysing i føretak med husdyrproduksjon, honningproduksjon eller veksthusproduksjon og til føretak med planteproduksjon i onneperiodar. Brukarar kan få tilskott når dei på grunn av sjukdom, fødsel eller andre særlege grunnar ikkje kan ta del i arbeidet på bruket.
Grunnlaget for tilskottet blir fastsett ut frå satsar per dyr, bifolk, dekar planteproduksjon på friland og kvadratmeter veksthusareal som blir nytta til planteproduksjon. Ut frå dette blir det rekna ut maksimale dagsatsar for tilskott per føretak. Tilskottet blir gitt for faktiske utgifter til avløysing, opp til maksimal sats per dag per bruk.
I jordbruksoppgjeret blei maksimalt tilskott per dag auka med 430 kroner til 2 100 kroner. Det gir ei auka løyving på 38,1 mill. kroner. Ordninga ble òg utvida for foreldre med sjuke barn tilsvarande 6 mill. kroner. Saman med ei prognose som reduserer forbruket med 3,0 mill. kroner gir dette ei løyving på underposten i 2023 med 168,1 mill. kroner.
Underpost 78.14 Tilskott til sjukepengeordninga
Ordninga er ei kollektiv innbetaling over jordbruksavtalen til NAV for å finansiere differansen i sjukepengar for jordbrukarar frå 80 pst. av sjukepengegrunnlaget, som andre sjølvstendige næringsdrivande får, til 100 pst. ved sjukdom ut over 16 dagar. Tilskottet blir utbetalt av NAV til jord- og skogbrukarar som oppfyller dei generelle vilkåra for utbetaling av sjukepengar. Løyvinga blir fastsett ut frå utbetalingane frå NAV og midlane blir overførte sentralt til Folketrygda.
Det er prognosert ein auke i forbruket over ordninga i 2023 med 4,3 mill. kroner. Dette gir ei løyving på underposten på 36,9 mill. kroner.
Underpost 78.15 Tilskott til landbruksvikarordninga
Formålet med landbruksvikarordninga er å sikre at primærprodusentane over heile landet har tilgang på arbeidshjelp når dei treng det ved akutt sjukdom eller i andre krisesituasjonar. Det er eit mål at ordninga skal nå eit omfang på 240 årsverk. I jordbruksoppgjeret blei maksimal støtte per årsverk auka med 10 500 kroner per årsverk til 294 400 kroner. Dette gir ei løyving på underposten på 70,7 mill. kroner.
Underpost 78.16 Tilskott til tidlegpensjonsordninga
Formålet med ordninga er å bidra til eit enklare generasjonsskifte for dei som har hatt hovuddelen av inntektene sine frå jordbruk/gartneri og skogbruk. Dei som får tidlegpensjon, kan òg få avtalefesta pensjon og arbeidsavklaringspengar, uførepensjon og etterlatenpensjon frå NAV. I jordbruksoppgjeret blei det ikkje gjort endringar i denne ordninga, og løyving på underposten er sett til 68,0 mill. kroner.
Kap. 4150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
85 | Marknadsordninga for korn | 306 | 50 | 50 |
Sum kap. 4150 | 306 | 50 | 50 |
Post 85 Marknadsordninga for korn
Inntektene i 2021 blei 0,3 mill. kroner. Departementet gjer framlegg om ei løyving på 0,1 mill. kroner på posten i 2023.
Kap. 1151 Til gjennomføring av reindriftsavtalen
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
51 | Tilskott til Reindriftens utviklingsfond | 48 793 | 55 500 | 59 700 |
72 | Tilskott til organisasjonsarbeid | 7 250 | 7 300 | 7 300 |
75 | Kostnadssenkande og direkte tilskott, kan overførast | 88 693 | 97 700 | 108 700 |
79 | Velferdsordningar, kan overførast | 3 601 | 4 000 | 4 300 |
Sum kap. 1151 | 148 338 | 164 500 | 180 000 |
Tilpassing til økonomiregelverket i staten
På same måte som for tilskottsforvaltninga under kap. 1150 er det behov for tilpassingar til dei normale prosedyrane for ordningar under kap. 1151. Kostnadssenkande og direkte tilskott under post 75 og velferdsordningar under post 79 er baserte på fastsette kriterium. Ordningane utgjer ein del av avtalesystemet med fleire mål og ei rekkje verkemiddel som verkar saman mot dei same måla. Resultatrapporteringa skjer difor samla i Totalrekneskapen for reindrifta frå Økonomisk utval for reindrifta før dei årlege forhandlingane om reindriftsavtalen. Rapporteringa er supplert av vurderingsrapportar og statusnotat frå Landbruksdirektoratet som grunnlag for å vurdere korleis dei enkelte ordningane verkar.
Hovuddelen av tilskottsforvaltninga er delegert til Landbruksdirektoratet. Størsteparten av dei administrative kostnadene til forvaltning av ordningane blir dekte innanfor løyvingane til Landbruksdirektoratet over kap. 1142. For å kunne ha naudsynt fleksibilitet vil det likevel vere aktuelt å dekkje kostnader til utviklings- og utgreiingsoppgåver og større evalueringar over kap. 1151.
På enkelte område skjer forvaltninga av tilskott gjennom Innovasjon Norge. På desse områda har departementet klargjort ansvar og oppgåver for Innovasjon Norge. Vidare forvaltar styret for Reindriftens utviklingsfond ulike ordningar. Dette styret er partssamansett. Styret skal tildele tilskott, mens Landbruksdirektoratet er sekretariat for styret.
Reindriftsavtalen
Reindriftsavtalen er ved sida av reindriftslova det viktigaste verkemiddelet for å følgje opp måla og retningslinene i reindriftspolitikken. I forhandlingane om reindriftsavtalen blir dei sentrale økonomiske verkemidla drøfta, mellom anna ut frå dei behova og utfordringane næringa til kvar tid står overfor.
Nærare omtale av mål og strategiar i reindriftspolitikken finst under programkategori 15.30 Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak og i del III.
Reindriftslova skal gi grunnlag for ei god indre organisering og forvaltning av reindrifta. I tillegg skal reindriftsnæringa etter lova, gjennom internt sjølvstyre, sjølv spele ei aktiv rolle og ha ansvaret for at reindrifta er berekraftig. Eit sentralt verktøy i denne samanhengen er bruksreglane. Den viktigaste føresetnaden for å nå måla om økologisk, økonomisk og kulturell berekraft er at reintalet er i samsvar med beitegrunnlaget, at areala reindrifta kan nytte til auka produksjon og lønsemd blir tekne vare på, og at tapet av rein blir redusert.
For reindriftsutøvarane som sjølvstendig næringsdrivande er det mange forhold, òg utanom reindriftsavtalen, som påverkar inntektene og den naudsynte tilpassinga det enkelte året. Årleg kalvetilgang, samla tap og slaktevekter varierer markant mellom reinbeiteområda i Noreg. Dette er skilnader som har gjort seg gjeldande over tid, og dei kjem mellom anna av variasjon i rovdyrbestanden og ulike føresetnader for drift mellom områda. Utviklinga i årleg kalvetilgang, tap og slaktevekter er viktige indikatorar for å vurdere økologisk og økonomisk berekraft i reindriftsnæringa. Tilsvarande vil talet på personar i næringa verke inn på kor mange som kan ha reindrift som hovudverksemd.
Tal frå Totalrekneskapen for reindriftsnæringa viser ein reduksjon i resultatmåla frå 2019 til 2020. Reduksjonen er i hovudsak ein konsekvens av beitekrisa i 2020. Samla sett blir vederlag for arbeid og eigenkapital redusert frå 141,5 mill. kroner til 115,4 mill. kroner. Vederlag til arbeid og eigenkapital per årsverk er redusert frå 152 357 kroner i 2019 til 124 054 kroner i 2020. Målt per siidaandel er vederlag til arbeid og eigenkapital redusert frå 252 749 kroner i 2019 til 207 001 kroner i 2020. Sum produksjonsbaserte inntekter blei redusert frå 176,0 mill. kroner i 2019 til 154,2 mill. kroner i 2020. Kjøttinntektene blei redusert med 46,7 mill. kroner, mens den samla livdyrverdien auka med 19,4 mill. kroner. Reduksjonen i slakteuttak i 2020 kjem i stor grad som følgje av beitekrisa dette året. Siidaandelane sine kostnader auka frå 167,7 mill. kroner i 2019 til 185,0 mill. kroner i 2020, og felleskostnadane auka frå 36,5 mill. kroner i 2019 til 66,0 mill. kroner i 2020. Årsaka til auken i felleskostnadar er mellom anna kjøp av fôr som følgje av beitekrisa i 2020.
Den 10. februar 2022 blei staten og Norske Reindriftsamers Landsforbund (NRL) samde om ein reindriftsavtale 2022/2023. Reindriftsavtalen for 2022/2023 har ei ramme på 180 mill. kroner. Dette er ein auke på 15,5 mill. kroner samanlikna med Reindriftsavtalen 2021/2022. Reindriftsavtalen 2022/2023 fører vidare både prioriteringa av dei utøvarane som har reindrift som hovudverksemd og hovudlinene i tilskottssystemet. Det gir stabilitet for næringsutøvarane. Siidaandelar som ikkje følgjer opp vedtak om reduksjon av reintalet, har ikkje rett til tilskott over avtalen.
Reindriftsavtalen 2022/2023 er den første reindriftsavtalen regjeringa Støre inngår med Norske Reindriftsamers Landsforbund. Semje i avtaleforhandlingane er viktig for å støtte opp om avtaleinstituttet og den hovudavtalen som er inngått mellom Landbruks- og matdepartementet og Norske Reindriftsamers Landsforbund.
Proposisjonen om reindriftsavtalen 2022/2023 blei handsama av Stortinget 8. juni 2022, jf. Prop. 104 S (2021–2022) Endringer i statsbudsjettet 2022 under Landbruks- og matdepartementet (Reindriftsavtalen 2022/2023) og Innst. 438 S (2021–2022). Departementet gjer framlegg om løyvingar under kap. 1151 for 2023 i samsvar med dette.
Post 51 Tilskott til Reindriftens utviklingsfond
Formål med løyvinga
Reindriftens utviklingsfond (RUF) skal gjennom bruk av økonomiske verkemiddel, bidra til å utvikle reindriftsnæringa i samsvar med dei reindriftspolitiske måla.
Rapportering 2021
I 2021 var tildelingen til Reindriftens utviklingsfond på 48,8 mill. kroner. Utbetalingane i 2021 var på 36,0 mill. kroner.
Budsjettframlegg 2023
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 59,7 mill. kroner.
Avtalepartane er samde om at løyvinga blir fordelt med:
1,5 mill. kroner til konfliktforebyggjande tiltak
8,2 mill. kroner til Utviklingsprogrammet for landbruks- og reindriftsbasert vekst og verdiskaping
3,5 mill. kroner til fagbrevordninga
5,0 mill. kroner til ulike tiltak for marknadsføring
5,5 mill. kroner til pramming av rein
3,0 mill. kroner til lærings- og omsorgsbaserte tenester
0,5 mill. kroner til oppfølging og kontroll av optisk lengdemåling av rein
5,5 mill. kroner til kriseberedskapsfond
0,5 mill. kroner til reineigarane sine kostnader ved møter og synfaring i beredskapsutval
2,5 mill. kroner til frakttilskott
0,3 mill. kroner til rapportering av slakta rein
2,0 mill. kroner til HMS-teneste i reindrifta
2,0 mill. kroner til eit pilotprosjekt for ei helseteneste for rein
0,5 mill. kroner til vidareutvikling av reindrifta sitt arealbrukskart
4,1 mill. kroner til tilskott til utgifter ved fôring og flytting som følgje av manglande konvensjon om reinbeite mellom Noreg og Sverige
3,0 mill. kroner til eit pilotprosjekt for ei rådgivingsteneste i arealsaker
1,5 mill. kroner til fagsystem reindrift
0,3 mill. kroner til ei utredning om mekling
0,6 mill. kroner til eit prosjekt for utvikling av det reindriftsbaserte reiselivet
I tillegg er det sett av 9,7 mill. kroner som styret for Reindriftens utviklingsfond disponerer i samsvar med forskrift om Reindriftens utviklingsfond.
Post 72 Tilskott til organisasjonsarbeid
Formål med løyvinga
Dei store utfordringane reindriftsnæringa står overfor, krev aktiv deltaking frå næringa sjølv. Organisasjonstilskottet skal medverke til at Norske Reindriftsamers Landsforbund kan delta aktivt i prosessar som er viktige for reindrifta, og for ei utvikling av reindrifta i samsvar med dei til kvar tid vedtekne politiske mål og retningsliner i reindriftspolitikken.
Rapportering 2021
Det blei i 2021 nytta 7,3 mill. kroner i tråd med formålet med løyvinga.
Budsjettframlegg 2023
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 7,3 mill. kroner.
Post 75 Kostnadssenkande og direkte tilskott, kan overførast
Formål med løyvinga
Dei kostnadssenkande og direkte tilskotta skal bidra til å fremje berekraft, kvalitet og produktivitet i reindrifta, heve inntekta og verke utjamnande mellom einingar i næringa.
Kostnadssenkande og direkte tilskott er sett saman av fleire ulike tilskottsordningar. Tilskuddsordningane er regulert i forskrift om tilskott til siidaandelar og reinlag, og i forskrift om tilskott til reinbeitedistrikt og reinlag.
Rapportering 2021
Det blei i 2021 nytta 88,7 mill. kroner i tråd med formålet med løyvinga.
Produksjonspremie
Formålet med produksjonspremien er å premiere innsats, produksjon og vidareforedling i næringa. Grunnlaget for berekning er inntekt frå avgiftspliktig sal av kjøtt og biprodukt frå rein. For reinlaga vil årsrekneskapen danne grunnlaget for utrekninga av produksjonspremien. Produksjonspremien skal utbetalast til eigaren av siidaandelen. I 2021 blei det utbetalt 26,9 mill. kroner i produksjonspremie.
Tilskott til etablering
Tilskott til etablering skal støtte opp om reindriftsutøvarar under 35 år som har fått overdrege eller fått oppretta eigen siidaandel. Det blei utbetalt 3,4 mill. kroner til tilskott til etablering i 2021.
Særskild driftstilskott til ungdom
Tilskottet skal støtte opp om leiarar av siidaandelar som er under 30 år, og som er i ei etableringsfase der dei byggjer opp eiga drift. I 2021 blei det utbetalt 2,2 mill. kroner i særskild driftstilskott til ungdom.
Kalveslaktetilskott
Formålet med kalveslaktetilskottet er å stimulere til at ein større del av kjøttproduksjonen er basert på kalv, noko som er ressursøkonomisk gunstig. Uttak av kalv dempar presset på vinterbeita og reduserer tapa i løpet av vinteren. Eit større uttak av kalv medverkar òg til auka produktivitet fordi tilveksten på kalv er større enn tilveksten på større dyr. Slakteuttaket i 2020 blei redusert med 40 pst. som følgje av beitekrise. For å avhjelpe dei negative konsekvensane blei avtalepartane samde om å gi kalveslaktetilskott til alle dyr i 2021. Dette gjorde at det for driftsåret 2020/2021 blei utbetalt 21,3 mill. kroner i tilskott for alle dyr.
Ektefelle- og sambuartillegg
Formålet med ektefelle- og sambuartillegget er å støtte opp om den familiebaserte reindrifta. Det kan gis eit tillegg til siidaandelar der begge ektefellane eller sambuarane er aktive i reindrifta i ein siidaandel, og der begge står som leiar av siidaandelen. I 2021 blei det utbetalt 0,5 mill. kroner i ektefelle- og sambuartillegg.
Særskild driftstilskott til kvinner
Formålet med særskild driftstilskott til kvinner er å støtte opp om kvinner som står aleine som leiar for ein siidaandel, og som har reindrift som hovudnæring. Det blir gitt eit tilskott opp til 25 000 kroner. Det blei utbetalt 0,4 mill. kroner i 2021.
Tilskott til reinbeitedistrikt og reinlag
Formålet med distriktstilskottet er å bidra til at reinbeitedistrikta skal kunne ta større ansvar for ei berekraftig utvikling av næringa. Det inneber å få talet på rein i balanse med beitegrunnlaget, sikre areala til reindrifta, få betre lønsemd, leggje til rette for kriseberedskap, arbeide med helse, miljø og tryggleik, og dessutan gi høve til ferie og avløysing ved sjukdom og svangerskap utover ordningane i folketrygda. I 2020 blei det utbetalt 16,4 mill. kroner i distriktstilskott.
Ekstraordinært tilskott
Beitekrisa i 2020 førte til eit redusert slakteuttak på om lag 40 pst. samanlikna med 2019. Det reduserte slakteuttaket gav eit mindreforbruk på dei produksjonsavhengige tilskotta i 2021. For å redusere dei negative konsekvensane av beitekrisa, blei avtalepartene samde om å nytte mindreforbruket til å gi eit ekstraordinært tilskott til alle siidaandelar og reinlag som hadde fått innvilga tilskott i 2020. Det blei utbetalt 12,2 mill. kroner i ekstraordinært tilskott i 2021.
Budsjettframlegg 2023
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 108,7 mill. kroner.
28,1 mill. kroner til tilskott til reinbeitedistrikt og reinlag
41,8 mill. kroner til produksjonspremie
24,6 mill. kroner til kalveslaktetilskott
5,0 mill. kroner til simleslaktetilskott
2,2 mill. kroner til særskild driftstilskott til ungdom
5,2 mill. kroner til etableringstilskott
0,9 mill. kroner til ektefelle- og sambuartilskott
0,9 mill. kroner til særskild driftstilskott til kvinner
Post 79 Velferdsordningar, kan overførast
Formål med løyvinga
Formålet med løyvinga er å sikre gode velferdsordningar for reindriftsnæringa. Posten omfattar innbetaling av medlemsavgift til folketrygda og sjukepengeordninga. Posten omfattar òg tidlegpensjon og ei ordning for tilskott til leigd hjelp ved svangerskap, fødsel, adopsjon og dødsfall.
Sjølvstendig næringsdrivande får sjukepengar som svarar til 80 pst. av inntektsgrunnlaget. Den kollektive innbetalinga over reindriftsavtalen gjer det mogleg for reindriftsutøvarar å få sjukepengar som svarar til 100 pst. av inntektsgrunnlaget ved sjukdom utover 16 dagar. Fødselspengar blir òg dekte med 100 pst. av inntektsgrunnlaget.
Løyvinga er rekna ut med utgangspunkt i samla næringsinntekt for dei utøvarane i reindrifta som går inn under ordninga. Midlane blir overførte sentralt til Folketrygda.
Rapportering 2021
Det blei i 2021 nytta 3,6 mill. kroner i tråd med formålet med løyvinga.
Budsjettframlegg 2023
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 4,3 mill. kroner.
Kap. 1152 Bionova
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
50 | Tilskott til bioøkonomi og klimatiltak i jordbruket | 87 540 | ||
Sum kap. 1152 | 87 540 |
Post 50 Tilskott til bioøkonomi og klimatiltak i jordbruket
Formål med løyvinga
Regjeringa følgjer opp Hurdalsplattforma sine ambisjonar om oppretting av Bionova. Bionova skal vere eit verktøy for å nå Noreg sine klimamål for 2030 og målet om å vere eit lågutsleppssamfunn i 2050 ved å bidra til reduserte klimagassutslepp og auka karbonopptak og -lagring. Bionova skal også bidra til auka verdiskaping gjennom overgang til ein meir sirkulær bioøkonomi basert på fornybare ressursar frå hav og land. Bionova skal ha to delmål;
Reduksjon av klimagassutslepp og auka opptak og lagring av karbon i jord på gardsnivå, og
Auka verdiskaping gjennom ein meir ressurseffektiv og sirkulær bioøkonomi.
Formålet med løyvinga over budsjettposten er etablering og drift av Bionova, og aktivitet innanfor Bionova sitt verkeområde. Bionova blir etablert som ei eining under Innovasjon Norge. Bionova si portefølje vil ved oppstart omfatte dagens Bioøkonomiordning og Verdiskapingsprogrammet for fornybar energi og teknologiutvikling i landbruket. Begge ordningane blir i dag forvalta av Innovasjon Norge. Sakshandsaminga vil foregå som i dag, fordelt over heile landet, men med leiing og eventuelt nyoppretta stillingar lokalisert til eit regionkontor i Innovasjon Norge. Det skal etablerast eit rådgivande porteføljestyre for Bionova, der mellom anna staten, næringsorganisasjonar, aktørar innan bioøkonomien og aktørar med miljø- og klimafagleg kompetanse er representert.
Budsjettframlegg 2023
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 87,5 mill. kroner.
Løyvinga skal i 2023 nyttast til etablering av Bionova og drift og aktivitet innanfor Bionova si portefølje. 35 mill. kroner av løyvinga er ei rammeoverføring frå Nærings- og fiskeridepartementet sitt budsjettkapittel 2421 post 50 og 15,5 mill. kroner er ei rammeoverføring frå Kommunal- og distriktsdepartementet sitt budsjettkapittel 553, post 74 knytt til Bioøkonomiordninga. For å ta omsyn til både ansvar for allereie innvilga men ikkje utbetalte tilsegn over Bioøkonomiordninga og tilsegn om tilskott som blir gitt over posten frå 2023, er det knytt ei tilsegnsfullmakt til posten på 90,0 mill. kroner, jf. framlegg til vedtak IV.
I tillegg til løyvinga på 87,5 mill. kroner til Bionova over dette budsjettkapittelet vil løyvinga til Verdiskapingsprogrammet for fornybar energi og teknologiutvikling over kapittel 1150, post 50 på 162 mill. kroner inngå i det samla budsjettet for Bionova. Samla løyving som Bionova forvaltar blir med det 249,5 mill. kroner for 2023.
Kap. 1161 Myndigheitsoppgåver og sektorpolitiske oppgåver på statsgrunn
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
70 | Tilskott til Statskog SFs myndigheitsoppgåver og sektorpolitiske oppgåver | 14 038 | 13 968 | 14 946 |
75 | Tilskott til oppsyn i statsallmenningar | 15 030 | 9 980 | 16 964 |
Sum kap. 1161 | 29 068 | 23 948 | 31 910 |
Post 70 Tilskott til Statskog SFs myndigheitsoppgåver og sektorpolitiske oppgåver
Formål med løyvinga
Løyvinga skal dekkje dei kostnadene Statskog SF har med delegerte styresmaktoppgåver og sektorpolitiske oppgåver, slik dei går fram av ein avtale mellom Statskog SF og Landbruks- og matdepartementet.
Statskog SF skal sørgje for at dei rettane bruksrettshavarar og andre har på eigedommane, blir sikra i samsvar med lover, forskrifter og politiske retningsliner. Føretaket skal arbeide for ei areal- og ressursdisponering som er tenleg for samfunnet, for distrikta der eigedommane ligg og for staten som eigar. Innanfor skogbruket følgjer oppgåvene av lov 19. juni 1992 nr. 60 om skogsdrift mv. i statsallmenningene, og oppgåvene er særleg knytte til utvising av virke i statsallmenningar til bruksrettshavarar. I tillegg skal tilskottet dekkje administrasjon av skogsdrifter, der virke blir selt til inntekt for allmenningsfonda.
Vidare utfører Statskog SF oppgåver der føretaket handlar som offentleg styresmakt, handsamar saker og gjer vedtak i samsvar med fjellova og statsallmenningslova. Kostnadene Statskog SF har med forvaltninga av tilskottet til oppsyn, jf. post 75 Tilskott til oppsyn i statsallmenningar, blir òg dekte over denne posten.
I tillegg til dei lovpålagde oppgåvene har Statskog SF ei rekkje oppgåver som har grunnlag i pålegg og retningsliner frå departementet. Statskog SF skal vere til stades på eigedommane og ha oppsyn og kontakt med brukarane av areala. Statskog SF har eit eige feltapparat, Fjelltenesta, for naturoppsyn og forvaltning av statleg grunn i Nordland og Troms. Tenesta skal gjennom informasjon og rettleiing, overvaking, skjøtsel og tilrettelegging bidra til å sikre naturverdiar og bevare biologisk mangfald. Fjelltenesta sel òg tenester til fleire oppdragsgivarar, mellom andre Statens naturoppsyn (SNO). Fjelltenesta har stor kunnskap om lokale forhold og tek òg del i redningsaksjonar etter oppmoding frå politiet. Statskog SF har inngått ein samarbeidsavtale med SNO, og gjennom denne avtalen har Statskog SF Fjelltenesten årleg eit større sal av tenester til SNO i Troms og Nordland.
Statskog SF skal leggje til rette for at folk flest skal kunne drive eit aktivt friluftsliv på areala til føretaket. Som ledd i dette arbeidet held føretaket opne husvære i fjellet, merkar stiar og løyper og byggjer og driv vedlikehald av bruer, klopper, rasteplassar og fiskebryggjer. Tiltaka har ofte innslag av kulturminnevern. Statskog SF har eit nært samarbeid med miljøvern-, landbruks- og helsestyresmaktene og dei frivillige organisasjonane i dette arbeidet.
Rapportering 2021
Det blei i 2021 nytta 14,0 mill. kroner i tråd med formålet med løyvinga. Bruken av midlane er fordelt mellom oppgåver på statsallmenningsgrunn, oppsyn og brukarkontakt utanom statsallmenningar og ulike tiltak som gjeld all statsgrunn.
Oppgåver på statsallmenningsgrunn
Rekneskapen for oppgåvene på statsallmenningsgrunn viser at det blei brukt om lag 2,7 mill. kroner på skogbruksverksemd i statsallmenningane. Det blei utvist om lag 5 200 kubikkmeter tømmer og ved til bruksrettshavarane eller selt til inntekt for allmenningsfonda i statsallmenningar med virkesrett. Vidare blei det avverka 624 kubikkmeter i statsallmenningar med virkesrett utan fond, slik at den samla avverkinga i statsallmenningane med virkesrett i 2021 var på 5 803 kubikkmeter. Det blei utført skogkultur i statsallmenningane for 122 000 kroner i 2021. Det blei planta på om lag 90 dekar og utført ungskogpleie på om lag 34 dekar.
Oppsyn og brukarkontakt utanom statsallmenning
Statskog SF Fjelltenesta har, med midlar frå denne budsjettposten, oppgåver knytte til oppsyn, nærvær og brukarkontakt utanom statsallmenning. Oppsynet rettar seg mot førebyggjande verksemd, ordinært oppsyn, vedlikehald og skjøtsel av areala, og skal mellom anna avdekkje og førebyggje ulovleg aktivitet, bidra til sikker ferdsel i fjellet og informere om lovleg og fornuftig åtferd.
Rekneskapen viser at det blei brukt 5,3 mill. kroner til oppsyn utanom statsallmenningane i 2021. Det blei levert 4 461 timer til oppsyn og brukarkontakt i Nordland og Troms. Dette er på nivå med føregåande år. Koronapandemien førte òg i 2021 til at ferdselen i fjell og utmark blei redusert, særleg første halvår, men samla sett trefte Fjelltenesta i 2021 fleire brukarar av utmarka under feltarbeidet enn i 2020. Det var òg ein auke i talet på personar som blei kontrollerte i samband med mellom anna motorferdsel i utmarka.
I 2021 var det eitt tilfelle der Fjelltenesta på oppmoding frå politiet deltok i større eller mindre aksjonar der folk var sakna i fjellet.
Ulike friluftslivstiltak på all statsgrunn
Statskog SF skal leggje til rette for bruk av naturen. Det blei brukt om lag 5,0 mill. kroner på arbeidet med tilrettelegging for friluftsliv i 2021. Oppgåvene er nedfelte i ein eigen handlingsplan for friluftsliv. Midlane er i hovudsak brukte til tilsyn, drift og vedlikehald av anlegg, i tillegg til informasjon om desse. Statskog SF har òg i 2021 lagt vekt på brannsikring av dei opne husværa. Vedlikehaldsutfordringane knytte til tilretteleggingstiltaka for friluftslivet aukar i takt med klimautfordringane og våtare og villare vær. Sikker ferdsel har hatt høg prioritet, og Statskog Fjelltenesta utførte viktig vedlikehald på fleire gangbruer over vassdrag. Som tidlegare er ferdsel registrert på utvalde stader for å sjå om bruken endrar seg over tid og som resultat av utførte tiltak.
Statskog SF heldt i 2021 fram samarbeidet med Den Norske Turistforening og Friluftsrådenes Landsforbund om å utvikle nettstaden UT.no som ein felles, nasjonal turplanleggjar med særleg vekt på kvalitetssikring av eksisterande innhald og funksjonalitet. Frå Statskog sine databasar med oversikt over tilgjengelege friluftslivstilbod, blei brukarorientert informasjon formidla på liknande vis via statskog.no og godtur.no.
Statskog SF Fjelltenesta har stadig ei viktig rolle innanfor tilrettelegging for friluftslivet i Nord-Noreg. Fjelltenesta utfører oppdrag for fleire instansar. Fleire turistforeiningar og turlag har drege nytte av Statskog SFs assistanse, når det ligg til rette for å kombinere driftsoppgåver med mellom anna å sjå innom hytter og bruer langs løypenettet.
Andre oppgåver
Etter at Riksantikvaren i 2017 vedtok å frede 20 lokalitetar med kulturhistoriske eigedommar i Statskog SFs eige, er det gjennomført synfaring og registrering av bygningar i regionane Troms, Helgeland, Midt-Noreg og Sør-Noreg. Arbeidet gir grunnlag for forvaltningsplanar der vedlikehaldsarbeid og særskilte rehabiliteringstiltak inngår. Ein eigen mal for praktisk orienterte forvaltningsplanar for freda anlegg er teken i bruk. Malen blir òg brukt på dei andre anlegga i Statskog SFs landsverneplan, der Statskog SF sjølv skal ta vare på verneverdiane på liknande vis som dei som er formelt freda. I samband med utarbeiding av forvaltningsplanar, er det avklart at ein del anlegg krev langt meir omfattande reparasjonar for å vareta forvaltaransvaret enn det som ligg inne i ordinære budsjett for drift og vedlikehald.
Det aller meste av Statskog SFs areal i Trøndelag og Nord-Noreg ligg innanfor det samiske reinbeiteområdet. Statskog SF legg vekt på god dialog og samarbeid med næringa. I 2021 har det vore vanskelege driftsforhold for reindrifta fleire stader. Statskog SF har hatt tettare kontakt med reindrifta enn normalt, mellom anna for å samordne informasjon ut til allmennheita og for å avklare moglege avbøtande tiltak. Arbeidet med vidare kartlegging av reindrifta sine anlegg på statsgrunn blei noko redusert på grunn av omprioritering av midlar til skogbruk. Arbeidet skal føre til avklaring av eigarforhold og heimel til anlegga.
Statskog SF deltek i Norge digitalt for å sikre tilgang til kartdata som trengst for å kunne utføre oppgåvene sine.
Grunneigarfondet
Statskog SF har ansvaret for forvaltninga av eit fond for grunneigarinntektene frå statsallmenningane. Hovuddelen av inntektene er frå festekontraktar i statsallmenningane. Halvparten av inntektene frå festekontrakter som gjeld hytter og hotell går til det aktuelle fjellstyret. I tillegg kjem inntekter frå fallrettar, eigedomsutvikling og andre grunndisponeringstiltak. Bruken av Grunneigarfondet er regulert i § 12 i fjellova. Inntektene skal nyttast til å dekkje utgifter til administrasjon av statsallmenningane og til støtte til ein fellesorganisasjon for fjellstyra (Norges Fjellstyresamband). Fondet skal òg nyttast til tiltak i statsallmenningane med sikte på verdiskaping og lønsame arbeidsplassar. Bruk av fondet til slike tiltak skal gjerast i samråd med Norges Fjellstyresamband.
Inntektene i Grunneigarfondet var i 2021 på 39,1 mill. kroner, mot 29,2 mill. kroner i 2020. Årsaka til dette er auke i inntekter frå feste- og fallrettar og sal av grus og malm.
Kostnadene i 2021 var på 27,5 mill. kroner. Tilskottet til Norges Fjellstyresamband var på 3,6 mill. kroner i 2021, og det blei gitt 4,4 mill. kroner i tilskott til tiltak i statsallmenningane. Resultatet for 2021 blei eit overskott på 3,9 mill. kroner. Behaldninga i Grunneigarfondet var 31. desember 2021 på 31 mill. kroner. Det tilsvarande talet i 2020 var 25 mill. kroner.
Økonomien i Grunneigarfondet er viktig for omfanget av og kvaliteten på Statskog SFs oppgåver i statsallmenningane og for moglegheita til å bruke midlar til tiltak i statsallmenningane. Fondet er på eit nivå som gjer det mogleg å nytte meir av midlane til tiltak enn tidlegare.
Allmenningsfond
Allmenningsfond i statsallmenningar med virkesrett blir forvalta av Statskog SF og det enkelte allmenningsstyret i fellesskap. Allmenningsfond er delt i tre delar: éin del som skal dekkje investeringar i skogen i allmenningen og dekkje virkesretten der han blir utøvd ved fellesdrift, éin del som er skogfond etter skogbrukslova, og éin del som er erstatningar for vern. Allmenningsfonda var 31. desember 2021 på 148,3 mill. kroner. Av det utgjer erstatning for vern av skog 137,3 mill. kroner.
Budsjettframlegg 2023
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 14,9 mill. kroner til myndigheitsoppgåver og sektorpolitiske oppgåver på statsgrunn.
Oppgåver knytte til skogbruk i statsallmenningar omfattar planlegging og gjennomføring av arbeidet med utvising av virke til dei som har bruksrett, utarbeiding av skogbruksplanar, miljøregistreringar i skog, landskapsplanar og anna. Også i 2023 skal Statskog SF prioritere takseringar og miljøregistreringar av skogen i statsallmenningane.
Statskog SF Fjelltenesta skal halde fram med å føre tilsyn på statsgrunn i Nordland og Troms gjennom oppsyn, nærvær og brukarkontakt. Prioriterte oppgåver er førebyggjande arbeid gjennom informasjon og rettleiing om regelverket, og trygg og sikker ferdsel i fjellet. Fjelltenesta skal yte bistand og delta på redningsaksjonar på førespurnad frå politiet.
Statskog SF skal i 2023 halde fram med å leggje til rette for bruk av og tilgang til areala for allmenta. Innsatsen skal i hovudsak rettast mot kvalitetssikring og vedlikehald av eksisterande anlegg og tilbod som fremjar tryggleik for og vern av kulturminne, og informasjon om tilboda. Det er behov for vedlikehald av opne husvære for allmenta. Mange av desse husværa blei tidlegare nytta i næringsverksemd og er viktige kulturberarar som bør haldast i stand så langt det er mogleg. Statskog SF skal halde fram samarbeidet med andre aktørar for å rette merksemd mot friluftsliv og dei store moglegheitene allmenta har til å drive friluftsliv i statsallmenningane og på annan statsgrunn.
Arbeidet med kartlegging og statusgjennomgang av reindriftsanlegg på statsgrunn vil halde fram.
Statskog SF skal i 2023 halde fram arbeidet med forvaltningsplanar og tiltak i tråd med desse for verna bygningar i føretaket sitt eige.
Post 75 Tilskott til oppsyn i statsallmenningar
Formål med løyvinga
Løyvinga skal dekkje tilskott til refusjon av kostnader ved oppsynet fjellstyra fører i statsallmenningane. Etter § 36 i fjellova kan fjellstyra tilsetje oppsynsmenn til å føre tilsyn med statsallmenningen. Oppsynsmenn mottek løn av fjellkassa. Når tilsetjinga av oppsynsmenn skjer i samsvar med oppsynsordninga som departementet har godkjent, og innanfor årlege budsjett, har fjellstyra krav på å få refundert halvparten av lønsutgiftene over denne posten. Ordninga skal leggje til rette for å sikre samfunnsinteresser, oppsyn og tilrettelegging der staten som grunneigar har eit særleg ansvar. Fjellstyret gir ein instruks for oppsynstenesta som blir godkjend av Statskog SF. Forvaltninga av tilskottsordninga er delegert til Statskog SF.
Statsallmenningane i Sør- og Midt-Noreg utgjer over 26 mill. dekar, tilsvarande 11 pst. av alt utmarksareal i Noreg. Dette er viktige område for rekreasjon og lokal næringsutvikling. Fjelloppsynet har som formål å bidra til berekraftig bruk av statsallmenningane. Fjelloppsynet skal følgje opp føresegner gitt i eller i medhald av fjellova, og vere sakshandsamar for fjellstyra. Dette omfattar tilsyn med utøvinga av bruksrettane og jakt og fiske. Fjelloppsynet skal føre tilsyn med statsallmenningane på vegner av staten som grunneigar etter nærare prioriteringar gitt av Statskog SF. Fjelloppsynet skal òg føre kontroll med at lovene som er nemnde i naturoppsynslova § 2, blir følgde. Fjelloppsynet skal i slike tilfelle følgje instruks frå SNO. Fjelloppsynet sel tenester til SNO, og kostnader med desse tenestene blir dekte av SNO, ikkje frå løyvinga på denne posten. Oppsynsmenn kan bli gitt politifullmakt etter politilova § 20.
Rapportering 2021
Det blei i 2021 nytta 15,0 mill. kroner i tråd med formålet med løyvinga. Statskog SF har fordelt midlane på grunnlag av budsjett, rekneskap og rapportering frå fjellstyra, etter ein nøkkel som mellom anna kjem samarbeidsordningar og små fjellstyre til gode. 65 av 93 fjellstyre fekk tilskott i 2021. Fjelloppsynet hadde 65 årsverk i 2021. Av dei er 48 årsverk brukte til oppgåver som gir rett til tilskott.
Om lag 47 pst. av tilskottet er brukt på arbeid i felt knytt til oppsyn og skjøtsel, mens dei resterande midlane er brukte til sakshandsaming og anna innearbeid som gir rett til tilskott. Delen brukt til oppsyn er gått noko opp frå 2020. For 2021 er talet på kontrollar noko lågare enn i 2020, og ligg mellom 6 000 og 7 000. Det er rapportert om 119 ulovlege forhold. Dette er noko høgare enn i 2020 og samtidig på eit lågare nivå enn det var tidleg på 2000-talet.
Budsjettframlegg 2023
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 17,0 mill. kroner. Løyvinga er styrkt med 7 mill. kroner i høve til saldert budsjett 2022. Løyvinga på posten gir grunnlag for eit synleg oppsyn i statsallmenningane og rom for vidare tilrettelegging for friluftslivet. Styrking av løyvinga skal leggje til rette for eit profesjonelt oppsyn, meir brukarkontakt og aktivitet i statsallmenningane. Oppsyn i statsallmenningar skjer gjennom både fjelloppsynet og det offentlegrettslege oppsynet SNO fører. Den lokale forankringa og kunnskapen fjelloppsynet har, er eit viktig bidrag i det samla oppsynet. Det er naudsynt med eit godt samarbeid mellom fjelloppsynet og SNO.
Kap. 5576 Sektoravgifter under Landbruks- og matdepartementet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
70 | Forskingsavgift på landbruksprodukt | 191 377 | 175 000 | 190 000 |
72 | Jeger- og fellingsavgifter | 90 780 | 85 000 | 93 000 |
Sum kap. 5576 | 282 157 | 260 000 | 283 000 |
Post 70 Forskingsavgift på landbruksprodukt
Formål med løyvinga
Løyvinga skal dekkje næringsrelevante forskingsprosjekt etter open utlysing og konkurranse. Formålet er å sikre økonomisk grunnlag for forsking på landbruksprodukt som blir nytta til å framstille nærings- og nytingsmiddel og fôrkorn til husdyr. Inntektsposten har ein motsvarande utgiftspost under kap. 1137, post 54.
Rapportering 2021
Inntektene i 2021 blei 191,4 mill. kroner.
Budsjettframlegg 2023
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 190,0 mill. kroner i 2023.
Det er uvisse knytt til dei endelege inntektene frå forskingsavgifta på landbruksprodukt, og departementet gjer difor framlegg om ei meirinntektsfullmakt mellom kap. 5576, post 70 og kap. 1137, post 54, jf. framlegg til vedtak II.
Post 72 Jeger- og fellingsavgifter
Formål med løyvinga
Jeger- og fellingsavgiftene som blir betalte inn til Viltfondet, blir inntektsførte i statsbudsjettet på denne posten.
Posten dekkjer utgifter under kap. 1140. I tillegg dekkjer posten nokre av utgiftene til forvaltning av ordninga under kap. 1420, post 01, og nasjonal jaktstatistikk i SSB over kap. 1620, post 01.
Rapportering 2021
Inntektene blei 90,8 mill. kroner.
Budsjettframlegg 2023
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 93,0 mill. kroner. Forslaget er basert på venta inntekter frå avgiftene til Viltfondet i 2022 og 2023, jf. omtale av fondet nedanfor.
Mål
§ 40 i viltlova fastset at
«den som vil drive jakt og fangst etter denne lov, skal betale jegeravgift etter satser og regler som Kongen fastset», og at «for hvert dyr som tillates felt eller felles av elg, hjort og villrein skal det betales en fellingsavgift etter satser og regler som Kongen fastsetter. Kongen kan bestemme at kommunen innenfor nærmere rammer kan fastsette fellingsavgiften for elg og hjort».
Gjennom handsaminga av statsbudsjettet for 1989 fastsette Stortinget retningslinene for bruken av midlane i Viltfondet. Av retningslinene går det mellom anna fram:
«Viltfondet skal nyttast til forvaltningstiltak som kjem viltet og allmenta til gode, under dette viltforvaltning i kommunane, lokale, regionale og sentrale vilttiltak, viltforsking, førebyggjande tiltak mot og vederlag for skadar valda av hjortevilt, jegerregister og jegersørvis.»
Det er ein føresetnad for den årlege fordelinga av midlar mellom formåla som er nemnde ovanfor, at om lag halvparten av midlane frå jegeravgifta skal gå til vilttiltak i distrikta, og at fellingsavgiftene som er knytte til villrein, skal nyttast i villreinforvaltninga.
Inntekter og avgiftssatsar
Inntektene til Viltfondet kjem i hovudsak frå jegeravgifter og fellingsavgifter. Ordninga med Viltfondet synleggjer på denne måten at tilretteleggingstiltak for jakt og delar av viltforvaltninga for ein stor del er baserte på brukarfinansiering. I tillegg kjem meir tilfeldige inntekter frå enkelte typar fallvilt, det vil seie vilt som døyr av andre årsaker enn ordinær jakt.
Kommunane krev inn og disponerer fellingsavgiftene for elg og hjort og fører desse inntektene i kommunale viltfond. Det er fastsett ei statleg rammeforskrift for dei kommunale viltfonda der inntektene til kommunane frå fellingsavgifter inngår. For fellingsavgiftene som blir kravde inn for villrein, er det etablert ei tilsvarande ordning der midlar frå innbetalte avgifter frå året før blir tilbakeførte til det enkelte villreinområdet.
Jeger- og fellingsavgiftene blei sist endra i 2021, og departementet gjer difor framlegg om å justere avgiftene i 2023. Satsane for dei ulike avgiftene går fram av tabell 5.13.
Oversikta i tabell 5.13 viser òg inntektene for kommunane i 2023, slik at den samla bruken av verkemiddel kan sjåast under eitt. For kommunane er dei oppgitte avgiftene maksimalsatsar.
Tabell 5.13 Framlegg om jeger- og fellingsavgifter, 2023 (i kroner)
Type avgift | Storleiken på avgifta i 2023 | Estimert tal på innbetalingar | Venta innbetalt totalbeløp | Inntektsført |
---|---|---|---|---|
Jegeravgift generelt | 390 | 195 000 | 76 050 000 | Viltfondet |
Jegeravgiftstillegg hjortevilt | 110 | 126 000 | 13 860 000 | Viltfondet |
Ekstraavgift ved manglande levering av jaktstatistikk1 | 240 | 11 000 | 2 640 000 | Viltfondet |
Fellingsavgift vaksen rein | 340 | 3 500 | 1 190 000 | Viltfondet |
Fellingsavgift reinkalv | 200 | 1 500 | 300 000 | Viltfondet |
Sum statlege avgifter | 94 040 000 | Viltfondet | ||
Fellingsavgift vaksen elg | 620 | 20 000 | 12 400 000 | Kommunane |
Fellingsavgift elgkalv | 370 | 9 500 | 3 515 000 | Kommunane |
Fellingsavgift vaksen hjort | 480 | 35 000 | 16 800 000 | Kommunane |
Fellingsavgift hjortekalv | 290 | 14 500 | 4 205 000 | Kommunane |
Sum kommunale avgifter | 36 920 000 | Kommunane |
1 Innkrevjing skjer etterskottsvis i 2023 for dei som ikkje leverte jaktstatistikk for jaktåret 2021/2022.
For 2023 er det budsjettert med ein liten kapitalauke for å få kapitalen til eit formålstenleg nivå. Kapitalauken og inntektene frå avgiftene gjer at det blir budsjettert med ein kapitalstraum i Viltfondet som vist i tabell 5.14.
Tabell 5.14 Berekning av kapital i Viltfondet, 2023 (i 1 000 kroner)
Saldo 31.12.21 | 9 484 | |
+ | Budsjettert innbetalt i 20221 | 86 772 |
- | Budsjettert overføring til statsbudsjettet i 2022 (utbetalingar frå fondet) | 92 000 |
= | Budsjettert saldo 31.12.22 | 4 256 |
+ | Budsjettert innbetalt i 20232 | 94 340 |
- | Budsjettert overføring til statsbudsjettet i 2023 (utbetalingar frå fondet) | 93 000 |
= | Budsjettert saldo 31.12.23 | 5 596 |
1 Talet inkluderer stipulerte renteinntekter på 0,1 mill. kroner og fallviltinntekter på 0,2 mill. kroner.
2 Talet inkluderer stipulerte renteinntekter på 0,1 mill. kroner og fallviltinntekter på 0,2 mill. kroner.
Administrasjon og økonomiforvaltning
Miljødirektoratet forvaltar Viltfondet på vegner av Landbruks- og matdepartementet, og er ansvarleg for administrasjon og føring av rekneskapen for fondet. Utgiftene over statsbudsjettet skal normalt svare til dei stipulerte inntektene for fondet det same året. Eventuelle overskytande inntekter skal overførast og kapitaliserast i fondet og gi grunnlag for eventuelle større refusjonar kommande år.
Inntektene over kap. 5576, post 72 finansierer utgifter til vilttiltak, viltforvaltning og drift av Jegerregisteret over kap. 1140, post 01, 21 og 71. Inntektene finansierer òg utgifter til tilskottsforvaltning i Miljødirektoratet over kap. 1420, post 01, og nasjonal jaktstatistikk i SSB over kap. 1620, post 01. Planlagt bruk av inntektene går fram av tabell 5.15.
Tabell 5.15 Samla ressursbruk finansiert av inntekter til Viltfondet i 2023 (i 1 000 kroner)
Formål | ||
---|---|---|
Drift av villreinnemndene, drift av jegerregisteret, offentleg jaktstatistikk og andre driftsutgifter knytte til viltforvaltning (kap. 1140, post 01) | 13 129 | |
+ | Meirverdiavgift som er ført under Finansdepartementet | 1 591 |
+ | Midlar til nasjonale statistikkoppgåver i SSB som er ført under Finansdepartementet (kap. 1620, post 01) | 2 700 |
+ | Prosjekt, FoU, overvakingsprogram, sentrale fallviltutgifter m.m. (kap. 1140, post 21) | 32 683 |
+ | Meirverdiavgift som er ført under Finansdepartementet | 2 852 |
+ | Hjortevilttiltak, særskilde villreintiltak, lokale vilttiltak, viltovervaking (kap. 1140, post 71) | 36 778 |
= | Sum under kap. 1140 | 89 733 |
+ | Tilskottsforvaltning i Miljødirektoratet (kap. 1420, post 01) | 3 267 |
= | Totalsum | 93 000 |
Spesielt om hjortevilt og fallvilt
Det er kommunane som har primæransvaret for forvaltninga av hjortevilt og for alt fallvilt. Det er òg nasjonale oppgåver innanfor desse felta som må løysast. FoU-tiltak og overvaking av hjortevilt blir dekte av Viltfondet gjennom eit tillegg til jegeravgifta for hjorteviltjegerar. På denne måten medverkar hjorteviltjegerane til finansieringa av naudsynte nasjonale oppgåver.
Det er behov for at Miljødirektoratet gjennomfører sentrale analysar av individ som blir funne som fallvilt eller avliva av ulike årsaker, spesielt for rovviltartane. Utgiftene til sentrale oppgåver i samband med hjortevilt og fallvilt er difor budsjetterte under kap. 1140, post 21 Spesielle driftsutgifter. For dei artane der fallviltet har ein salsverdi etter at naudsynte analysar av dyra er gjennomførte, omset Miljødirektoratet skinn og skrottar til inntekt for Viltfondet.
Programkategori 15.40 Forretningsdrift
Inntekter under programkategori 15.40 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 | Endring i pst. |
5652 | Statskog SF – utbytte | 70 700 | 16 750 | 20 000 | 19,4 |
Sum kategori 15.40 | 70 700 | 16 750 | 20 000 | 19,4 |
Landbruks- og matdepartementet forvaltar staten sine eigarinteresser i statsføretaket Statskog SF, og i aksjeselskapa Graminor AS og Kimen Såvarelaboratoriet AS. Staten sitt eigarskap i desse tre er grunngitt i sektorpolitiske mål, og selskapa er plasserte i kategori 3, jf. Meld. St. 8 (2019–2020) Statens direkte eierskap i selskaper – Bærekraftig verdiskaping.
Ved handsaminga av Prop. 1 S (2018–2019) gav Stortinget samtykke til at staten sitt eigarskap i Instrumenttjenesten AS kunne avviklast. Dette er følgt opp.
Det er berre for Statskog SF det blir budsjettert med utbytte for 2022, jf. kap. 5652 Statskog SF – utbytte.
Statskog SF
Mål- og strategiar
Statskog SF forvaltar om lag ein femdel av landarealet i Noreg. Statskog SF er den største skogeigaren i landet med om lag 7 pst. av det samla skogarealet. Resten er fjell- og utmarksareal, for det meste i Troms og Nordland. I Sør-Noreg er ein stor del av arealet (om lag 26 mill. daa) statsallmenning, der eigedommar med allmenningsrett har rett til å få vist ut tømmer og ved, beite og seter.
Statskog SF er ein desentralisert organisasjon. Hovudkontoret ligg i Namsos, men føretaket har 18 kontor rundt om i landet. Lokal kunnskap er viktig i forvaltninga av ressursane, og føretaket legg vekt på å vere til stades på areala. Statskog SF etablerer no kontor på Røros, og har utvida sitt feltapparat, Fjelltenesta, til òg å dekkje område i Sør- og Midt-Noreg. Statskog SF er med sin kompetanse og si erfaring innanfor skog- og utmarksområdet ein sentral aktør i ei berekraftig forvaltning av dei norske skog- og utmarksressursane. Føretaket er òg viktig for å løyse oppgåver knytte til skog- og utmarksspørsmål. Statskog SF skal ut frå vedtektene forvalte, drive og utvikle statlege skog- og fjelleigedommar med tilhøyrande ressursar, det som står i samband med dette, og anna naturleg tilgrensande verksemd. Innanfor ramma av målsetjinga kan Statskog SF òg drive andre eigedommar og yte andre former for tenester. Statskog SF skal leggje vekt på å oppnå eit tilfredsstillande økonomisk resultat, drive aktivt naturvern og ta omsyn til friluftsinteresser. Ressursane skal utnyttast balansert.
Skogbruk er det viktigaste forretningsområdet til Statskog SF og utgjorde 38 pst. av bruttoinntektene i 2021. Statskog har som mål å utnytte skogproduksjonen som grunnlag for verdiskaping og høge skogverdiar. Skogbruket i Statskog SF rettar seg mellom anna etter Norsk PEFC Skogstandard for eit berekraftig skogbruk. I 2021 var den samla hogsten på 228 000 kubikkmeter. Dette er lågare enn i 2020. Statskog SF ventar at avverkinga framover vil liggje lågt i ein periode på grunn av mindre tilgjengeleg hogstmoden skog, før avverkinga igjen kan auke på lengre sikt.
Grunngivinga for staten sitt eigarskap i føretaket er å sikre berekraftig forvaltning av statlege skog- og fjelleigedommar med tilhøyrande ressursar, medrekna å leggje til rette for allmenta sitt behov for jakt-, fiske- og friluftstilbod med vidare. Staten sitt mål som eigar er berekraftig forvaltning av areala, gjennom effektiv drift og tilfredsstillande resultat over tid.
Departementet si styring, oppfølging og kontroll av Statskog SF
Departementet si styring og kontroll av Statskog SF følgjer reglane i lov om statsføretak og vedtektene til føretaket. Alle avgjerder frå eigaren som er bindande for styret i føretaket, skjer som vedtak i føretaksmøte. Det ordinære føretaksmøtet i Statskog SF er i juni, og utover dette blir det kalla inn til ekstraordinært føretaksmøte når det trengst.
Spørsmål om korleis føretaket handsamar myndigheita som er delegert gjennom fjellova og allmenningslova, ligg utanfor sjølve eigarstyringa og blir handtert gjennom eigne kontaktmøte og tildelingsbrev, jf. kap. 1161.
Departementet har kontakt med og får informasjon frå føretaket i aktuelle saker. Det er regelmessige kontaktmøte mellom departementet og Statskog SF om mellom anna Statskog SFs framlegging av kvartalsresultat. Økonomien i verksemda og viktige hendingar blir gjennomgåtte på kontaktmøta og på ordinært føretaksmøte.
Avslutning av arronderingssalet frå Statskog SF
Arronderingssalet, som var ein del av oppfølginga av Statskog SFs skogkjøp frå Orkla ASA i 2010, jf. Prop. 11 S (2010–2011), kom i gang i 2011 og omfatta spreidde skogeigedommar som Statskog SF eigde før 2010.
Ved utgangen av 2020 var det selt 218 eigedommar som til saman utgjer om lag 543 603 dekar der kjøparen har fått konsesjon. Det er ikkje selt eigedommar sidan våren 2020. Eigedommane er fordelte på 81 kommunar i 17 fylke. 66 pst. av eigedommane er selde til lokale kjøparar, mens 19 pst. er selde til kommunar og til Miljødirektoratet. Dei resterande 15 pst. er i hovudsak selde til jord- og skogeigarar i nabokommunar.
Arronderingssalet har betra eigedomsstrukturen og økonomien i føretaket, og har samstundes bidrege til å styrkje det private skogbruket.
Statskog SF har peika på at måla for salet er nådd, og føretaksmøtet i 2022 vedtok at prosjektet med arronderingssal av spreidde skogeigedomar i samband med oppkjøpet frå Orkla ASA skal avsluttast.
Graminor AS
Graminor AS driv planteforedling, sortsrepresentasjon og oppformering for å sikre at norsk jord- og hagebruk får tilgang på klimatilpassa, variert og sjukdomsfritt plantemateriale. Selskapet tek imot lisens- og foredlaravgift ved omsetnad av sjukdomsfritt plantemateriale i marknaden, forskingsmidlar frå jordbruksavtalen og tilskott, jf. omtale under kap. 1150, post 77.
Staten eig 34 pst. av aksjane i selskapet. Av dette forvaltar departementet 28,2 pst., mens Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) og Norges miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) forvaltar høvesvis 5 pst. og 0,8 pst. Dette skal sikre eigar- og samfunnsinteressene i planteforedling og oppformeiring av plantemateriale i Noreg.
Graminor AS hadde i 2021 ein omsetnad på 79,6 mill. kroner og eit resultat etter skatt på 4,2 mill. kroner. Det blei ikkje utbetalt utbytte for 2021.
Graminor AS har utarbeidd ein ny strategi for verksemda som blei vedteken i 2020 og som er lagd til grunn for drifta av selskapet. I strategien er verksemda presentert som ei forretningsmessig verksemd basert på planteforedling, representasjon og prebasisproduksjon og planteforedling på vegner av staten. I strategien til verksemda er det lagd til grunn ein langsiktig utbytepolitikk basert på stabilitet og på at ein stor del av det årlege overskottet skal haldast tilbake til finansiering av planteforedlingsaktivitet. Det blir difor ikkje budsjettert med utbetalt utbytte i 2023.
Grunngivinga for staten sitt eigarskap er å ha ein aktør som driv planteforedling tilpassa norsk og nordisk klima. Staten sitt mål som eigar er mest mogleg kostnadseffektiv utvikling, produksjon og sal av plantemateriale til jord- og hagebruksnæringa, tilpassa norske og nordiske vekstforhold.
Kimen Såvarelaboratoriet AS
Kimen Såvarelaboratoriet AS (Kimen) er Noregs kompetansesenter på frøkvalitet og frøanalysar og nasjonalt referanselaboratorium for såvareanalysar. Selskapet har bygt opp kompetansen sin gjennom over 130 år og blei i 2004 omdanna til aksjeselskap. Staten eig 51 pst. av aksjane, Felleskjøpet Agri SA eig 34 pst., og Strand Unikorn AS eig 15 pst. Grunngivinga for staten sitt eigarskap er å ha ein norsk aktør innanfor frøkvalitet og frøanalysar. Staten sitt mål som eigar er mest mogleg ressurseffektiv såvareanalyse av frø og såkorn i Noreg.
Kimen hadde i 2021 ein omsetnad på 14,2 mill. kroner og eit resultat på 0,03 mill. kroner. Det blei ikkje utbetalt utbytte i 2021, og det blir ikkje budsjettert med ordinært utbytte for 2023.
Styret for Kimen utarbeidde ein ny strategi for selskapet i 2020 med ein plan for berekraftig verdiskaping. Hovudstrategien er å vere eit nasjonalt kompetansesenter innan såvarekvalitet og såvareanalysar. Kimen skal levere kostnadseffektive produkt og tenester til såvarebransjen, forvaltninga og andre aktørar i marknaden. Ein solid eigenkapital og vedlikehald av kompetanse vil difor framleis vere naudsynt dei kommande åra.
Instrumenttjenesten AS
Instrumenttjenesten AS blei etablert i 1991 for å levere datatenester til seks forskingsinstitusjonar, som òg var eigarar. Staten sitt formål med eigarskapen har vore å leggje til rette for effektiv forsking og utvikling i sektoren. Staten ved NIBIO, Veterinærinstituttet og NMBU har eigd heile selskapet. Ved handsaminga av Prop. 1 S (2018–2019) gav Stortinget samtykke til at staten sitt eigarskap i Instrumenttjenesten AS kunne avviklast, og at verksemdene kan nytte inntektene frå salet. Vedtaket er følgd opp, og selskapet blei sletta frå Einheitsregisteret og Foretaksregisteret i juni 2022.
Kap. 5652 Statskog SF – utbytte
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
85 | Utbytte | 70 700 | 16 750 | 20 000 |
Sum kap. 5652 | 70 700 | 16 750 | 20 000 |
Vedrørande 2022: Ved Stortinget sitt vedtak av 17. juni 2022 blei post 85 auka med 8,4 mill. kroner, jf. Prop. 115 S (2021–2022).
Post 85 Utbytte
Inntektene i 2021 blei 70,7 mill. kroner.
Utbyttet frå føretaket for 2022 blir sett til 75 pst. av årsresultatet etter skatt.
Departementet gjer framlegg om eit ordinært utbytte for 2022 på 20,0 mill. kroner. Prognosen for årsresultatet etter skatt for 2022 er på 26,4 mill. kroner. Endeleg framlegg til ordinært utbytte vil bli fastsett og betalt ut når årsresultatet for 2022 ligg føre, og vil bli lagt fram i den ordinære budsjettprosessen. Vedtak om utbytte blir gjort på ordinært føretaksmøte første halvår 2023.