Del 3
Omtale av særlege tema
6 Samfunnstryggleik og beredskap
Regjeringa arbeider heilskapleg og systematisk med samfunnstryggleik. Føringane som er gitt i Meld. St. 5 (2020–2021) Samfunnssikkerhet i en usikker verden, Meld. St. 28 (2020–2021) Vår felles digitale grunnmur – mobil-, bredbånds- og internettjenester, Meld. St. 10 (2016–2017) Risiko i et trygt samfunn – samfunnssikkerhet, Meld. St. 38 (2016–2017) IKT-sikkerhet – Et felles ansvar, Meld. St. 27 (2015–2016) Digital agenda for Norge – IKT for en enklere hverdag og økt produktivitet, Meld. St. 21 (2012–2013) Terrorberedskap og Meld. St. 29 (2011–2012) Samfunnssikkerhet og Instruks for departementenes arbeid med samfunnssikkerhet, er utgangspunktet for Kommunal- og distriktsdepartementet sitt arbeid med samfunnstryggleik. Hovudmålet er:
Kommunal- og distriktsdepartementet sitt arbeid med samfunnstryggleik styrkjer evna til å førebyggje og handtere alvorlege hendingar innanfor departementet sitt ansvarsområde.
Kommunal- og distriktsdepartementet prioriterer arbeidet med å halde ved like og utvikle evna til å handtere kriser i eiga verksemd og i sektorane. I tillegg prioriterer departementet:
arbeidet med risiko- og sårbarheitsanalysar
å lære av øvingar og hendingar, kontinuitetsplanlegging og oppfølging av tilsyn
å styrkje samordninga internt i departementet, med verksemder i sektorane og med andre departement
vidareutvikle arbeidet med grunnleggande nasjonale funksjonar
Departementet har eit mangfaldig og komplekst sektoransvar. Under gir vi ein nærare omtale av ansvarsområde som har særleg betydning for samfunnstryggleik, og av mål, prioriteringar og tiltak.
Elektronisk kommunikasjon (ekom)
Elektroniske kommunikasjonsnett og -tenester, til dømes mobil- og breibandnett, utgjer ein digital grunnmur for det norske samfunnet. Når stadig fleire tenester og funksjonar har blitt digitaliserte, har slik infrastruktur og slike tenester blitt avgjerande for funksjonaliteten i samfunnet. Elektronisk kommunikasjon er derfor definert som ein kritisk samfunnsfunksjon. Kommunal- og distriktsdepartementet forvaltar og utviklar ekompolitikken. Det overordna målet for området er:
Eit likeverdig tilbod av sikre elektroniske kommunikasjonstenester av høg kvalitet og til rimelege prisar over heile landet.
Departementet arbeider med å identifisere og redusere sårbarheiter, handtere hendingar og sørge for tilstrekkeleg beredskap, i samarbeid med Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit og ekomtilbydarane.
Fleire tiltak frå regjeringa støttar opp om auka tryggleik og beredskap i nett og tenester:
Om lag 90 mill. kroner til forsterka beredskap i mobilnetta i utvalde område i om lag 10 kommunar i Troms og Nordland i 2022. Mobilnetta blir mellom anna styrkte med tre døgns reservestraum som førebyggjer mot utfall ved langvarige straumbrot. Mobildekninga blir styrkt for mobilnett-tilbydarane Ice, Telenor og Telia. Regjeringa foreslår å sette av midlar til slik styrking i nye kommunar i 2023.
Tiltak for å styrkje transportnetta i sårbare regionar, som mellom anna gir alternative føringsvegar for internett-trafikk. Tiltak som skal ha effekt i Troms blir sette i verk i 2022, og regjeringa foreslår å bruke om lag 25 mill. kroner i 2023 til tiltak som skal ha effekt i Nordland, jf. omtale under programkategori 13.40.
Arbeidet for styrkt samarbeid mellom kraft- og ekomsektoren, med mål om raskare gjenoppretting ved straumbrot som rammar viktige lokasjonar for ekomnetta, held fram i 2023.
Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit er ei utøvande tilsyns- og forvaltningsmyndigheit underlagd Kommunal- og distriktsdepartementet. Vidareføring og vidareutvikling av tilsyn er eit sentralt verkemiddel i samfunnstryggleiksarbeidet. Gjennom det digitale responsmiljøet for ekomsektoren, EkomCERT, bidrar Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit til auka samfunnstryggleik og beredskap. EkomCERT innhentar, samanstiller og analyserer tryggleiksrelatert informasjon, koordinerer og handterer cyberhendingar og utarbeider situasjonsbilete. I 2022 har departementet oppretta Strategisk sikkerhetsforum for elektronisk kommunikasjon, som er ein arena der myndigheiter og tilbydarar skal utveksle erfaringar og diskutere og vurdere den til ei kvar tid gjeldande tryggleikssituasjonen på eit strategisk nivå. Øvingar i sektoren skal forankrast i dette forumet. I tillegg møtest utvalde ekomtilbydarar, Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit, Nasjonalt tryggingsorgan (NSM), Politiets tryggleiksteneste (PST) og Etterretningstenesta i Ekomsikkerhetsforum for å utveksle informasjon, som skal bidra til at tilbydarane får eit godt grunnlag for å ivareta forsvarleg tryggleik og beredskap.
Departementet har identifisert enkelte funksjonar innanfor ekomsektoren som grunnleggande nasjonale funksjonar (GNF-ar) etter sikkerheitslova, ettersom eit heilt eller delvis bortfall vil få konsekvensar for statens evne til å ta vare på nasjonale tryggingsinteresser. Det er identifisert tre GNF-ar innanfor elektronisk kommunikasjon: Evne til å vareta talekommunikasjonstenester basert på norsk nummerplan, evne til å vareta tekstbaserte meldingstenester basert på norsk nummerplan og evne til å vareta grunnleggande internett-tilgang. Evna til å halda ved lag elektroniske kommunikasjonstenester omfattar å sikre tilgjengelegheit, integritet og konfidensialitet.
Departementet har utpeikt skjermingsverdige objekt og infrastrukturar og klassifisert desse. Implementering og vidare oppfølging av sikkerheitslova er eit kontinuerleg arbeid, som blir gjort i nært samarbeid mellom tilbydarane som er underlagd lova, departementet og Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit. Departementet vurderer jamleg om nye verksemder skal underleggast lova.
Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit er tilsynsorgan for ekomsektoren etter sikkerheitslova og har inngått ein samarbeidsavtale med NSM.
Satellittbasert kommunikasjon
Satellittbasert navigasjon og kommunikasjon er definert som ein kritisk samfunnsfunksjon. Kommunal- og distriktsdepartementet har ansvar for kommunikasjonsdelen, medan Nærings- og fiskeridepartementet har ansvar for det som omfattar navigasjon. Kommunal- og distriktsdepartementet forvaltar regelverk for satellittbaserte kommunikasjonstenester, mellom anna ekomlova, satellittinnmeldingsforskrifta og fribruksforskrifta. Departementet deltar òg i Romutvalet og Romtryggleiksutvalet nedsett av Nærings- og fiskeridepartementet, som har ansvaret for norsk rompolitikk og som arbeider med å få på plass ei ny romlov. Romlova vil gi ei ny og utvida regulering av dette feltet.
Satellittbasert kommunikasjon er identifisert som ein GNF i samsvar med sikkerheitslova. Departementet har gitt Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit i oppdrag å levere ei innstilling til departementet om korleis den grunnleggande nasjonale funksjonen satellittbasert kommunikasjon bør følgast nærare opp. Etaten skal mellom anna identifisere viktigheita av satellittbasert kommunikasjon, gjere ei nærare vurdering av innhaldet i GNF-en, identifisere aktuelle aktørar som bør vurderast underlagt lova og kartlegge aktuelle objekt og infrastrukturar som bør vurderast utpeikt som skjermingsverdige. Departementet har elles handtert enkeltsaker som dreier seg om føresegner i sikkerheitslova og bruk for aktørar som driv satellittverksemd.
Satellittområdet er prega av omfattande internasjonal verksemd. Samstundes er satellittområdet i endring, med framvekst av lågbanesatellittsystem som i aukande grad kan konkurrere med landbasert elektronisk kommunikasjon. Det er derfor viktig å sjå arbeidet med samfunnstryggleik for satellittbasert kommunikasjon i samanheng med arbeidet med elektronisk kommunikasjon.
IKT-tenester til departementa
Departementa har ei viktig rolle i den nasjonale handteringa av kriser og uønskte hendingar. Dei er derfor ein del av den kritiske samfunnsfunksjonen styring og kriseleiing. Departementa si verksemd, handlefridom og avgjerdsdyktigheit er også peika ut som ein grunnleggande nasjonal funksjon etter sikkerheitslova. For å vareta funksjonen sin, er departementa avhengige av ein del understøttande funksjoner, mellom anna IKT. Kommunal- og distriktsdepartementet har ansvar for å levere IKT-tenester til departementa. Det overordna målet for området er:
Sikre og robuste IKT-system som understøttar departementsfunksjonen.
Kommunal- og distriktsdepartementet prioriterer leveranse av fellestenester som IKT og sak- og arkivsystem til departementa. Departementet vil kontinuerleg forbetre trygginga og robustheita i IKT-systema, mellom anna gjennom responsmiljøet i DSS CERT. Kommunal- og distriktsdepartementet arbeider med innføring av eit nytt felles arkivsystem for Statsministerens kontor, departementa og DSS.
Objekt- og infrastrukturtryggleik for departementsbygningane
Departementa treng sikre og funksjonelle arbeidslokale for å vareta sin kritiske samfunnsfunksjon og grunnleggande nasjonale funksjon. Kommunal- og distriktsdepartementet har ansvar for arbeidet med forebyggande objekt- og infrastrukturtryggleik knytt til felles bygningsmasse, fellesområde og utandørsområde i regjeringskvartalet og i departementsbygningar utanfor regjeringskvartalet. Ansvaret gjeld ikkje lokala til Statsministerens kontor og Forsvarsdepartementet på Akershus festning. I mars 2021 blei det vedteke ein instruks som beskriv roller og ansvar i arbeidet med forebyggande objekt- og infrastrukturtryggleik for departementsbygningane, FOR-2021-02-05-328, Instruks for arbeidet med forebyggende objekt- og infrastruktursikkerhet for departementsbygningene. Departementet sitt tryggleiksmessige ansvar for objekt- og infrastrukturtryggleik for departementsbygningane er avgrensa til felles grunnsikring, og nødvendig samordning og instruksutvikling for å vareta felles grunnsikring. Det overordna målet for området er:
Forsvarleg tryggleiksnivå for departementsbygningane som skjermingsverdige objekt.
Departementet legg til grunn ei risikobasert tilnærming når det gjeld vurdering og prioritering av eventuelle behov for komplettering og justering av tryggleikstiltaka i felles grunnsikring, med mål om godt sikra departementsbygningar fram til nytt regjeringskvartal kan nyttast.
Kongehuset
I tillegg til ansvaret for departementsbygningane, har Kommunal- og distriktsdepartementet ansvar for å fremje løyvingar til særskilde prosjekt ved Det kongelege hoff, som til dømes sikringsprosjektet. Som hovudregel vil Statsbygg vere byggherre for større bygningsprosjekt ved dei statlege kongelege eigedommane, slik tilfellet var for nytt logistikkbygg.
Valgjennomføring
Kommunal- og distriktsdepartementet har det overordna ansvaret for valgjennomføringa. Det inneber ansvar for regelverket, mellom anna vallova med tilhøyrande forskrifter, føresegnene i samelova som gjeld val til Sametinget, forskrift om val til Sametinget og etatsstyraransvar for Valdirektoratet. Gjennomføring av frie, direkte og hemmelege val til Stortinget, kommunestyre, fylkesting og Sametinget er meld inn som ein GNF ettersom heilt eller delvis bortfall vil få konsekvensar for statens evne til å vareta den nasjonale tryggleiksinteressa demokratisk styreform. Det overordna målet for området er:
Korrekt og sikker valgjennomføring med tillit i befolkninga.
Valgjennomføring har ein avgjerande funksjon i vårt demokratiske samfunn og styresett. Departementet og Valdirektoratet har sidan direktoratet blei oppretta i 2016, utvikla eit tett samarbeid rundt tryggleik og beredskap, mellom anna gjennom risiko- og sårbarheitsvurderingar og rutinemessige beredskaps- og kriseøvingar. Høgt prioritert er tiltak for kontinuerleg å gjere det elektroniske valadministrasjonssystemet (EVA) sikrare og meir robust.
Digitale fellesløysingar
Nasjonale digitale fellesløysingar er byggjeklossar som blir brukte i eit felles økosystem for nasjonal digital samhandling og tenesteutvikling. Fleire av fellesløysingane og systema som bruker dei, er viktige for at samfunnet skal fungere og er knytte til den kritiske samfunnsfunksjonen digital tryggleik i sivil sektor. Kommunal- og distriktsdepartementet har etatsstyringsansvar for Digitaliseringsdirektoratet, som forvaltar ei rekke fellesløysingar, mellom anna ID-porten og Altinn. Det overordna målet for området er:
Offentleg sektor har sikre, stabile og tilgjengelege digitale fellesløysingar.
Sentrale tiltak er å modernisere den digitale grunnmuren. Dette vil mellom anna redusere risiko og sårbarheit i digitale fellesløysingar som Digitaliseringsdirektoratet har ansvar for å drifte og forvalte. Kommunal- og distriktsdepartementet har utover dette eit koordineringsansvar for alle dei nasjonale fellesløysingane. Ansvaret for drifta av andre offentlege fellesløysingar er fordelt på mange aktørar, og styringa av dei statlege løysingane følgjer sektoransvaret og linjestyringa. Kommunal- og distriktsdepartementet har sett i gang arbeid for å få på plass eit felles responsmiljø for dei digitale fellesløysingane, i samråd med dei departementa og etatane som har ansvar for slike løysingar.
Kart- og geodata
Kommunal- og distriktsdepartementet har det overordna ansvaret for nasjonal kart- og geodatapolitikk og ansvar for etatsstyring av Kartverket. Kartverket opererer i eit samansett teknologisk økosystem for slike data, men har ein heilt sentral rolle som mellom anna nasjonal geodatakoordinator og myndigheit for matrikkel og tinglysing. Kartverket har mange roller som er viktige for samfunnstryggleik, mellom anna leveranse av geografisk informasjon til nødetatar og kriseleiing for den kritiske samfunnsfunksjonen styring og kriseleiing. Vidare er det Kartverket som står for oppmåling av norskekysten, eit arbeid der samfunnstryggleik alltid vil vere høgt prioritert. Det overordna målet for området er:
Å vere i stand til å levere geografisk informasjon til samfunnet.
Kartverket har i 2021 etablert eit nytt system for IT-tryggleik (NIST-4) og dermed gjort eit viktig steg for å sørgje for at etaten sine data er trygg og gir faste leveransar. I 2023 vil Kartverket jobbe med å avklare korleis etaten kan støtte Forsvaret sine behov. Ei viktig oppgåve for Kartverket i 2023 vil vere å sikre at førebuingane til delinga av fylke og kommune ved årsskiftet 2023/2024 skjer på ei måte som sikrar kontinuitet i offentlege teneste.
Plan- og bygningspolitikk
Kommunal- og distriktsdepartementet forvaltar plan- og bygningslova og er fagmyndigheit for areal- og samfunnsplanlegging og bygningspolitikk. Plan- og bygningslova skal mellom anna fremje berekraftig og trygg arealbruk og forsvarleg byggkvalitet. Klimaendringane er i aukande grad ei utfordring for samfunnstryggleiken, fordi endringane blir stadig sterkare, og dermed aukar sannsyn for at hendingar utløyst av naturen kan true liv og helse, materielle verdiar og sentrale samfunnsfunksjonar. Det overordna målet for området er:
Arealplan og byggjesak skal legge til rette for sikre og berekraftige bygg, bidra til å redusere klimagassutslepp, bidra til at samfunnet blir tilpassa eit endra klima og verne om dyrka mark.
Departementet sitt viktigaste tiltak for å nå målet er å utvikle, forvalte og informere om regelverket i plan- og bygningslova med forskrifter. Gjennom ansvaret for plan- og bygningspolitikken har departementet eit rettleiingsansvar overfor regional og kommunal plan- og bygningsmyndigheit. Rettleiinga skal bidra til at desse, på best mogleg måte gjennom planlegging og byggjesaksbehandling, kan treffe avgjerder ut frå regional og lokal kunnskap for å førebyggje at naturskapte hendingar får store konsekvensar.
Departementet prioriterer også å fremje og vidareutvikle kunnskap om potensielle fareområder og effektar av klimaendringar. Arbeidet blir gjort i samarbeid med andre departement og underliggande etatar. Dette skal bidra til at kommunal og regional planlegging, byggjesaksbehandling og bustad- og bygningssektoren tar høgde for naturfare og framtidige klimaendringar, og leggje til rette for berekraftige lokalsamfunn og bygg.
Eit viktig bidrag er arbeidet med å etablere ei detaljert høgdemodell for heile landet som vil gi betre grunnlag for konsekvensutgreiingar og risiko- og sårbarheitsanalysar knytt til flaum- og rasfare. Den første komplette høgdemodellen over heile Noreg er ferdigstilt, men Gjerdrumutvalets NOU 2022: 3 På trygg grunn — Bedre håndtering av kvikkleirerisiko visar at det vil være nødvendig å gjere jamlege laserskanningar av utsette område for å sjå kor i landskapet det skjer endringar. Modellen gir kommunar og statsetatar eit godt datagrunnlag for å berekne mellom anna ras- og skredfare eller overvatn.
I Prop. 125 L (2021–2022) Endringar i plan- og bygningslova (reglar om handtering av overvatn i byggesaker mv.), som blei sendt til Stortinget 3. juni 2022, blir det foreslått endringar som gir kommunane betre verkemiddel for å handtere utfordringar knytt til overvatn. Lovforslaga vil gi kommunane heimlar for å kunne krevje at private gjennomfører tiltak for overvatn, både ved nybygging og på eigedommar som er heilt eller delvis utbygde.
Riksrevisjonen har gjennom rapport frå mars 2022 undersøkt myndigheitenes arbeid med å tilpasse infrastruktur og bygningar til eit klima i endring. Riksrevisjonen avdekte fleire områdar kor omsynet til framtidige klimaendringar i areal-, plan- og beredskapsarbeid kan forbetrast, både på lokalt og nasjonalt nivå. Vidare tilrår Riksrevisjonen mellom anna at samordninga mellom departementa blir styrkja og at det utarbeidast ein ny plan på tvers av sektorar for å sikre tilstrekkeleg tilpassing av samfunnet for å møte klimaendringane. Som eit ledd i oppfølginga av Riksrevisjonen si undersøking, deltar departementet i arbeidet med ei ny stortingsmelding om klimatilpassing, som blir leia av Klima- og miljødepartementet.
I mars 2022 la Gjerdrumutvalet fram ei utgreiing om korleis kvikkleirerisiko i Noreg kan handterast, og foreslo fleire endringar. Endringsforslaga er mellom anna meir og betre kartlegging, tydeleggjering av ansvarsfordeling, meir rettleiing til kommunane og fleire og betre sikringstiltak. Departementet samarbeider med Olje- og energidepartementet, som har hovudansvaret for utgreiinga frå utvalet, om vidare oppfølging av anbefalingane frå utvalet.
Den norske mattrygginga er no i dag god, men i den situasjonen verda står i nå er det viktig å leggje til rette for å produsere så mykje mat som mogleg i Noreg. For å oppnå god beredskap og mattrygging må jordbruket sine produksjonsressursar bli tatt vare på over heile landet. Ein effektiv arealbruk med god utnytting av areal som allereie er bygd ut, vil kunne bidra til å redusere behovet for å byggje ned dyrka jord. Samstundes skal kommunane ha tilstrekkeleg med handlingsrom slik at det blir tatt avgjerder basert på lokalkunnskap og tilpassa lokale og regionale forhold. Det overordna målet for området er:
Omdisponeringa av dyrka jord skal reduserast, og fylkeskommunane og kommunane må leggje ein streng jordvernspolitikk til grunn for planlegginga.
Nærvær i nord
Kommunal- og distriktsdepartementet har eit koordinerande ansvar for regional- og distriktspolitikken, irekna å leggje til rette for at folk kan bu og leve i heile landet. Spreidd busetjing er viktig for norsk suverenitetshevding. Dette gjeld særleg i Nord-Noreg og nordområda, som er av sikkerheits politisk tyding for heile Noreg. Ei robust befolkningsutvikling og god utviklingskraft i Nord-Noreg er ein føresetnad for å hevde Noregs interesser i nordområda.
Informasjonstryggleik i forvaltninga
Kommunal- og distriktsdepartementet har eit samordningsansvar for arbeidet for ei styrkt og meir heilskapleg tilnærming til informasjonstryggleik i forvaltninga. Digitalisering av forvaltninga gir nye moglegheiter og fremmar effektivitet, men skaper også nye bindingar og sårbarheiter. Styrkt kompetanse og systematisk arbeid med informasjonstryggleik er viktig for å motverke dei digitale sårbarheitene. Vidare utvikling av kompetanse- og rettleiingsmateriell er prioriterte tiltak i dette arbeidet, i tillegg til arbeidet med å auke frekvensen av øvingar innan IKT-tryggleik i verksemdene. Departementet prioriterer å vidareføre Nettverk for informasjonstryggleik (NIFS), som blir forvalta av Digitaliseringsdirektoratet.
Statsforvaltarens fellestenester
Statsforvaltarens fellestenester (STAF) leverer fellestenester som støttar opp om statsforvaltaren si verksemd, og skal leggje til rette for at statsforvaltaren kan utøve samordningsrolla si i kriser. STAF har gjennomført ei modernisering av IKT-infrastruktur og oppgradering av programvare hos statsforvaltarane, som gir betre tryggleik og funksjonalitet. Det er nytta betydelege midlar på dette i 2021–2022.
7 Klima- og miljørelevante saker
Regjeringa sin klima- og miljøpolitikk byggjer på at alle samfunnssektorar har eit sjølvstendig ansvar for å leggje miljøomsyn til grunn for aktivitetane sine og for å bidra til at ein kan nå dei nasjonale klima- og miljømåla. For omtale av regjeringa sine samla klima- og miljørelevante saker, sjå Klima- og miljødepartementet sin fagproposisjon.
Kommunal- og distriktsdepartementet har ansvar for byggje- og eigedomspolitikken i statleg sivil sektor. Måla for politikken er at statlege verksemder har effektive lokale som støttar føremålet til verksemdene og at statleg eigedomsforvaltning er verdibevarande, berekraftig og effektiv.
Ei berekraftig, kostnadseffektiv og samordna bygg- og eigedomsforvaltning, som er ein ny strategi for bygg og eigedom i statleg sivil sektor, blei lagt fram i 2021. Strategien inneheld fire ambisjonar om klima, miljø og energi, og den peikar på tiltak som vil bidra til å nå ambisjonane. Departementet er i gang med å implementere tiltaka.
Det har blitt utarbeida felles klima- og miljøambisjonar for bygg og eigedom i statleg sivil sektor i Meld. St. 13 (2020–2021) Klimaplan for 2021–2030. Ambisjonane gjeld for staten som byggherre, eigedomsforvaltar og leigetakar:
Staten skal utnytte noverande bygningsmasse og sikre gjenbruk av fråflytta eigedom.
Staten skal bruke tidlegare bygningsmaterialar om att og leggje til rette for at også andre kan bruke materialar frå statlege bygningar om att.
Staten skal samarbeide med bransjen for å fremje klimavenlege materialar.
Staten skal etablere felles metodikk for å måle den samla klima- og miljøpåverknaden frå bygg og eigedom i statleg sivil sektor, med sikte på framtidig forbetring og å etablere felles mål.
Statlege etatar skal leggje stor vekt på miljøgevinstane ved gjenbruk av allereie utbygde areal og noverande bygningar. Dette skal gjelde når etatane byggjer, kjøper eller leiger lokale.
Strategien for bygg og eigedom i statleg sivil sektor byggjer på ambisjonane i klimaplanen.
Bygg- og eigedomsnæringa er den nest største næringa i Noreg. Staten er ein stor aktør innanfor denne næringa, både som eigar og leigetakar i marknaden. Statsbygg forvaltar ein stor del av den statlege eigedomsmassen og gir råd til andre statlege verksemder med behov for lokale. Statsbygg skal sørge for ei berekraftig og effektiv forvaltning av eigedomane. I byggjeprosjekta gir Statsbygg råd til oppdragsdepartementa om til dømes energiløysing, miljøambisjon og arealeffektivitet. Statsbygg gir òg råd i leigesaker om til dømes miljøkvalitetar, og dei skal i rådgivinga leggje vekt på lokalisering som gir lav miljøbelasting. Statsbygg skal vareta viktige omsyn som energi, miljø og klima innanfor alle verksemdsområde. Høg miljøfagleg kompetanse er ein føresetnad for å kunne redusere klimagassutslepp, og skal vere rettleiande ved lokaliserings- og konseptval, i byggjeprosessen og i eigedomsforvaltninga.
I 2021 var klimagassutsleppa i byggjeprosjekt gjennomført av Statsbygg reduserte med 28 pst. målt mot minstekrav i byggteknisk forskrift. Berekninga inkluderer utslepp frå materiale og standard materialvalg frå energi i drift over bygga sine normerte livsløp på 60 år. Om lag 50 pst. av bygningsarealet i porteføljen til Statsbygg blir bygde etter miljøklassifisering BREEAM «excellent» og «very good».
Statsbygg gjennomførte i 2021 ei rekke tiltak for ei meir berekraftig eigedomsforvaltning. Det blei installert 6 000 kvm solcellepanel på taket av Halden fengsel, Høgskolen i Halden og på kontrollstasjonen ved Svinesund. Delen lokalprodusert fornybar solenergi i eigedomsporteføljen utgjorde 0,3 pst. av samla forbruk i 2021. Krava frå Kommunal- og distriktsdepartementet til energibruk per kvm i eigedomsporteføljen blei også innfridde. Dette kan delvis skyldast lågare aktivitet som følgje av pandemien.
I dei leigeavtalane Statsbygg har vore rådgivar for, har areal per tilsett blitt redusert med 53 pst. i 2021. Arealeffektivisering bidrar til redusert energibruk, klimagassutslepp og utbyggingspress i byar og tettstadar.
Statsbygg har samarbeida med Oslo kommune, Pådriv og Resirqel om etablering av ein ombrukssentral for byggjevarer på Økern. Sirkulær Ressurssentral er forventa å starte opp i løpet av 2022, og blir den største ombrukssentralen i Europa. Sentralen bidrar til å auke ombruk av byggjemateriale og redusere byggjeavfallet frå byggjenæringa.
Bygg- og anleggsnæringa står for ein stor del av klimagassutsleppa og om lag 29 pst. av avfallet i Noreg. Byggjenæringa har eit stort potensial for å kutte utsleppa, mellom anna ved å bruke klimavenleg materiale og ombruk av byggjevarer. Bygningsregelverket skal sørgje for at bustader og bygg er sikre, energieffektive og miljøvenlege.
Kommunal- og distriktsdepartementet vedtok 29. mai 2022 endringar i Byggteknisk forskrift (TEK17) og tilhøyrande endringar i byggjesaksforskrifta som skal vere med å redusere klima- og miljøavtrykket frå bygg. Endringane inneheld mellom anna krav om at nye bygg seinare kan bli demonterte, at materiala er klarlagd for ombruk ved større arbeid i eksisterande bygg og at kravet til sortering av avfall på byggjeplassar aukar frå 60 til 70 pst. Det er òg krav om klimagassrekneskap for bustadblokker og yrkesbygg.
1. juli 2022 blei forskrift om dokumentasjon av byggjevarer (DOK) endra slik at det blir enklare å få tak i dokumentasjon på eigenskapane til brukte byggjevarer. Endringane inneber at utbyggjaren som skal bruke byggjevarene eller aktørar som bringar vidare brukte byggjevarer, kan få tak i dokumentasjonen, heller enn at den som sel må gjere det. Dette er ei meir fleksibel ordning som opnar for grøn vekst i marknaden for brukte byggjevarer.
Å fremje berekraftig byggjeverksemd er ein prioritert oppgåve for Direktoratet for byggkvalitet (DiBK). DiBK har fått i oppdrag å utarbeide eit kunnskapsgrunnlag om klimagassutslepp frå bygging, korleis klimagassutsleppa kan reduserast og korleis dette verkar på byggjekostnadane.
DiBK har sekretariatsfunksjonen til Samordningsrådet for digitalisering som blei etablert i 2021. Føremålet med rådet er å leggje til rette for effektive prosjekterings- og byggjeprosessar, berekraftig forbruk, ombruk og digitalisering. Rådet skal arbeide for at bygg- og anleggsnæringa har god flyt av digitale og maskinleselege varedata. Det vil gjere at ein kan lage betre klimarekneskap for bygg, gjere ombruk av byggjevarer enklare og gi mindre avfall frå byggjeprosessar.
Distrikts- og regionalpolitikken skal skape grunnlag for gode liv i heile landet og bidra til ei berekraftig samfunnsutvikling.
Kommunal- og distriktsdepartementet forvaltar to tiltak under distrikts- og regionalpolitikken som har miljø i målsetting og/eller rapporterer på miljøeffektar. Investeringstilskot for store grøne investeringar er ei investeringsordning retta mot berekraftige industriprosjekt med mål om klimaomstilling. Ordninga har krav om 100 pst. del prosjekt med positiv miljøeffekt. Mobiliserande og kvalifiserande næringsliv har tiltak for utvikling av næringslivet. Rapportering syner at 49 pst. av dei prosjekta som får stønad frå Innovasjon Noreg har ein positiv miljøeffekt.
Areal- og samfunnsplanlegginga legg rammene for bruk av areala i Noreg, og har gjennom det stor innverknad på korleis naturen blir ivareteke og kor mykje klimagassar som blir sloppen ut. Som planmyndigheit har kommunane ei viktig rolle i å bidra til at Noreg når våre nasjonale natur- og klimamål, samstundes som ulike sektorar, oppgåver og interesser blir sett i samanheng.
Nye utbyggingar av næring, bustader og infrastruktur kan føre til inngrep i naturen. Blant omsyna som må takast i arealplanlegginga, er planen sin verknad på naturmangfald, landskap, jordvern, friluftslivsinteresser og for samisk natur- og kulturgrunnlag. I regionale planar, kommuneplanar og reguleringsplanar som kan få vesentlege verknader for miljø og samfunn, skal planen sine verknader for miljø og samfunn konsekvensutgreiast i tråd med regelverket om konsekvensutgreiingar. Der planane får følgjer for naturmangfald eller vannmiljø, skal dei òg vurderast etter naturmangfaldlova og vassforskrifta.
Areal- og samfunnsplanlegging og byggjesakshandsaming etter plan- og bygningslova kan vere med på å avgrense utslepp av klimagassar frå transport, arealbruksendringar, bygg og energibruk. Planar etter plan- og bygningslova skal ta klimaomsyn. For storbyane er nullvekstmålet viktig i planlegginga. Her er avtalane om byvekst eit sentralt verkemiddel.
Arealplanlegginga er også avgjerande for å førebyggje framtidige skader forårsaka av klimaendringar. Planmyndigheita må ta klimaomsyn gjennom tilpassing til framtidige klimaendringar. Kommunar og fylkeskommunar skal søkje å unngå eller avgrense risiko, sårbarheit og ulemper, og dra nytte av eventuelle fordelar som følgjer av endringar i klimaet. Planmyndigheita skal leggje dei høge klimaframskrivingane til grunn når dei vurderer korleis eit planområde vil bli påverka av framtidige klimaendringar.
Kommunal- og distriktsdepartementet har eit ansvar for rettleiing innanfor ansvarsområdet sitt, og har i 2021 arbeidd målretta med å forbetre rettleiinga for å styrkje kommunanes planlegging. Det er lagt stor vekt på at rettleiinga skal vere tilgjengeleg digitalt og nettsida planlegging.no har gjennomgått ein stor omlegging i 2022. Rettleiingsarbeidet gjeld alle deler av planlegging, også miljø og klima. I 2021 er det arbeidd særskild med rettleiar om fritidsbustader.
For å styrkje klima- og miljøomsyn i planlegginga, vil regjeringa betre kompetansen og praktiseringa av regelverk om konsekvensutgreiingar. Kommunal- og distriktsdepartementet held mellom anna kurs om konsekvensutgreiingar i samarbeid med KS og NMBU, retta mot kommunane. I løpet av året 2022 skal kursa ha blitt gjennomført i alle fylker.
Vidare har departementet sett i gang eit prosjekt som skal leggje grunnlaget for felles metodikk og lettare tilgang til relevante data om arealutvikling. I samarbeid med kommunar og fylkeskommunar i prosjektet blir arealrekneskap prøvd ut i reelle planprosessar, og det skal utviklast rettleiingsmateriell.
Statlege planretningslinjer for forvaltning av strandsona blei reviderte i 2021. Regjeringa vil sikre ein meir differensiert forvaltning av strandsona. Arealbruken må i størst mogleg grad avklarast gjennom planlegging, og ikkje gjennom dispensasjonar.
Kommunal- og distriktsdepartementet samarbeider med Klima- og miljødepartementet om plan- og bygningslova som verkemiddel for å ta vare på naturmangfald og oppfølging av dei regionale planane for villreinfjella. Det er òg samarbeid om naturavtalen, heilskapleg tiltaksplan for Oslofjorden og regionale planar etter vassforskrifta.
Betre planlegging i kystnære sjøområde er òg eit tema som blir følgt tett opp mellom anna med ein kortfatta introduksjon til planlegging i kystnære sjøområde på nettsida planlegging.no. Sjølv om det er utarbeida rundskriv og rettleiar om planlegging i sjø, er det nødvendig å sjå vidare på arbeidsdelinga mellom arealplanar og behandling etter sektorlover. Departementet har bestilt ein rapport om bruk av kunnskapsgrunnlaget, konsekvensutgreiingar og planføresegn.
God planlegging er nøkkelen til berekraftig bruk og vern av fjell- og utmarksområda. Fritidsbustader og reiseliv er viktig for verdiskaping og økonomisk berekraft i mange distriktskommunar, men kan òg kome i konflikt med andre næringsinteresser som reindrift og landbruk. Ein del stader gir omfattande hyttebygging også negative konsekvensar for friluftsliv, landskap og naturmangfald. Kommunal- og distriktsdepartementet er i sluttfasen med ein ny rettleiar om planlegging av fritidsbustader. Rettleiaren vil klargjere prinsippa for god planlegging og styrkje kommunanes kompetanse på området.
Bevaring av dyrka mark er ein nasjonal interesse. For å oppnå styrka beredskap og matsikkerheit må vi ta vare på jordbruket sine produksjonsressursar over heile landet. Noreg har lite dyrka mark grunna topografi og klima, og kornarealet per innbyggjar er lågare enn gjennomsnittet i Europa. Dei beste jordbruksareala ligg ofte der utbyggingspresset er størst og desse areala er det særskilt viktig å ha ein høg terskel for å eventuelt tillate nedbygging av. Ein effektiv arealbruk med god utnytting av areal som allereie er byggja ut, vil kunne bidra til å redusere behovet for å byggje ned dyrka jord. Samstundes skal kommunane ha tilstrekkeleg med handlingsrom slik at avgjersle blir tatt basert på lokalkunnskap og blir tilpassa lokale og regionale forhold.
8 Oppfølging av berekraftsmåla i Kommunal- og distriktsdepartementet
Berekraftsmåla blei vedtatt av FNs medlemsland i 2015. Det er til saman 17 mål og 169 delmål. Måla handlar om vekst og velstand, helse og utdanning, miljø og klima, fred, sikkerheit og samarbeid. Alle land har eit ansvar for å oppfylle berekraftsmåla innan 2030. Kommunal- og distriktsdepartementet har frå 2020 ansvar for den nasjonale koordineringa av arbeidet med berekraftsmåla. I juni 2021 blei Meld. St. 40 (2020–2021) Mål med mening. Norges handlingsplan for å nå bærekraftsmålene innen 2030 lagt fram. I juli 2021 la Noreg fram den andre rapporten til FN-landa om implementeringa av agendaen for berekraft nasjonalt. Kommunal- og distriktsdepartementet er også koordinerande departement for berekraftsmål 11. Kapittelet omtaler innsatsen for å nå berekraftsmåla som er finansierte over budsjettet til Kommunal- og distriktsdepartementet.
Delmål 1.3) Innføre nasjonalt tilpassa sosiale velferdsordningar og tiltak for alle, inkludert minstestandardar, og innan 2030 oppnå ei vesentleg dekning av fattige og sårbare
Trygge og gode buforhold er viktig for å jamne ut forskjellar i levekår og sikre gode oppvekstvilkår for barn og unge.
Den statlege bustøtta skal sikre personar med låge inntekter og høge buutgifter ein høveleg bustad. Nærare 100 000 husstandar med låg inntekt får bustøtte kvar månad. I 2022 er ordninga styrkt fleire gonger. Nokre av tiltaka har vore mellombelse for å møte høge straumprisar, men for barnefamiliar og andre husstandar med fleire personar har ordninga blitt varig styrkt. I mai 2022 tok regjeringa imot ein rapport frå ei ekspertgruppe som har evaluert bustøtteordninga. Rapporten vil bli viktig i arbeidet med å vidareutvikle bustøtta.
Startlån skal bidra til at personar med langvarige bustadfinansieringsproblem kan skaffe seg ein eigna bustad og behalde han. Barnefamiliar som leiger bustad, er ei prioritert målgruppe for startlån.
Delmål 4.1) Innan 2030 sikre at alle jenter og gutar fullfører gratis og likeverdig grunnskule og vidaregåande opplæring av høg kvalitet som kan gje dei eit relevant og reelt læringsutbytte
Romane er éin av fem nasjonale minoritetar i Noreg. Kommunal- og distriktsdepartementet finansierer ordninga «Skolelostjenesten» som blir drifta av Oslo kommune. Skulelosane følgjer opp romske elevar som bur i Oslo, Lørenskog og andre nærliggande kommunar. Skulelosane arbeider for å styrkje læringsutbyttet for elevane, redusere fråvær og auke talet på elevar som fullfører grunnopplæringa. Skulelosane hjelper mellom anna i koordineringa mellom skulen, eleven og heimen. Skulelostenesten har hjelpt elevar, familiar og skular for å auke skuledeltakelsen under pandemien, og for å få elevane tilbake på skulen etter pandemien.
Delmål 5.5) Sikre kvinner fullstendig og reell deltaking og like moglegheiter til leiande stillingar på alle nivå der det blir teke avgjerder, i det politiske, det økonomiske og det offentlege livet
Regjeringa arbeider kontinuerleg med å oppnå likestilling i det politiske livet og i leiande stillingar spesielt. Som eit av dei første landa i verda innførte Noreg stemmerett for kvinner og rett til å stille til val ved kommunestyreval. Det var ein viktig milepæl for å bli eit fullverdig demokrati.
Etter lokalvalet i 2019 er delen kvinner i kommunestyra for første gang på 40 pst. og 35 pst. av ordførarane i landet er kvinner. Utviklinga går rett veg, og Noreg har kome langt også når det gjeld å bruke dei formelle rettane i praksis. Vi er likevel ikkje i mål når det gjeld kjønnsbalanse i politiske verv i lokalpolitikken. Det er store variasjonar mellom kommunane. For å få merksemd og bli meir bevisste om dette, laga departementet eit representasjonsbarometer på regjeringen.no.1 Barometeret viser kjønnssamansetninga i kommunestyre og formannskap, og om ordføraren er kvinne eller mann, i alle kommunane i landet. I tillegg viser det delen kvinnelege kandidatar som partia ga stemmetillegg på vallistene til 2019-valet.
Kommunal- og distriktsdepartementet relanserte representasjonsbarometeret 8. mars 2022, for å skape merksemd om kjønnsbalansen i lokaldemokratiske organ og i leiande verv i lokalpolitikken fram mot nominasjonane som er i gong fram mot lokalvalet neste år. Departementet vil også lage ein engelsk versjon meint for interesserte frå utlandet. Representasjonsbarometeret viser at det framleis er stor variasjon mellom kommunar når det gjeld delen kvinner i kommunestyra og i leiarverva i lokalpolitikken, og at partia framleis prioriterer menn når dei gir stemmetillegg på vallistene.
Målet om å oppnå likestilling og sikre kvinners deltaking i det politiske, det økonomiske og det offentlege liv, kan sjåast i samanheng med verdiar og ansvar i den statlege arbeidsgjevarpolitikken. Eit sentralt tema er likeløn. Hausten 2021 blei det sett i gong ei kartlegging og eit aktivt arbeid for å følgje og gi råd til utvalde statlege verksemder i staten i deira arbeid med likeløn. Prosjektet har blitt gjennomført av Oslo Economics, på oppdrag frå Kommunal- og distriktsdepartementet og hovudsamanslutningane i staten (LO stat, Akademikerne, Unio og YS stat). Målsettinga er at også andre statlege verksemder skal kunne bruke rapporten i eige arbeid med likeløn. Rapporten blei offentleg hausten 2022.
I hovudtariffavtalane i staten er det nedfelt i punkt 5.8 at «Partene lokalt skal arbeide aktivt, målrettet og planmessig for å fremme likestilling og mangfold og hindre diskriminering i henhold til likestillings- og diskrimineringsloven. De tillitsvalgte skal involveres i arbeidet med arbeidsgivers aktivitets- og redegjørelsesplikt (ARP), herunder planlegging og oppfølging av likelønnskartleggingen».
Delmål 8.2) Auke den økonomiske produktiviteten gjennom diversifisering, teknologisk framgang og innovasjon, mellom anna med vekt på lønsame og arbeidsintensive sektorar
Departementet gir Innovasjon Noreg og Forskingsrådet i oppdrag å forvalte verkemiddel som bidrar til innovasjon, verdiskaping og omstillingsevne, gjennom samarbeid mellom bedrifter, forskingsmiljø, næringsliv og offentleg sektor. Verkemidla omfattar det nasjonale klyngeprogrammet Norwegian Innovation Clusters og Kapasitetsløft i Forskingsrådet. Sjå nærare om dei ulike ordningane under programkategori 13.50.
Delmål 8.3) Fremje ein utviklingsretta politikk som støttar produktive aktivitetar, oppretting av anstendige arbeidsplassar, entreprenørskap, kreativitet og innovasjon, og stimulere til formalisering av og vekst i talet på svært små, små og mellomstore bedrifter, mellom anna ved å gi dei tilgang til finansielle tenester
Departementet bidrar til næringsutvikling i regionar og distrikt gjennom innsats som er tilpassa regionale moglegheiter og utfordringar. Gjennom løyve frå departementet finansierer fylkeskommunane verkemiddel for å mobilisere og utvikle eit verdiskapande næringsliv i distrikt og regionar. Sjå nærare om dei ulike ordningane under programkategori 13.50.
Delmål 9.1) Utvikle påliteleg, berekraftig og solid infrastruktur av høg kvalitet, inkludert regional og grensekryssande infrastruktur, for å støtte økonomisk utvikling og livskvalitet med vekt på overkomeleg pris og likeverdig tilgang for alle
Norske mobil- og breibandnett har høg kvalitet og sikkerheit, og tilknytinga til utlandet har også blitt betre i form av fleire alternative føringsvegar. Utbygging i Noreg er basert på kommersielle investeringar, men i enkelte område er det behov for statlege bidrag for å sikre utbygging eller styrkje sikkerheita og beredskapen.
Regjeringa foreslår å auke tilskotsnivået til breibandutbygging betydeleg i 2023, for å bidra til likeverdig tilgang for alle, jf. omtale under programkategori 13.40. Vidare foreslår regjeringa å sette av midlar til mellom anna å styrkje transportnetta, som fører internett-trafikk over lange avstandar mellom regionar, og dette vil bidra til auka sikkerheit og beredskap. Regjeringa vidarefører også programmet for å forsterke mobilnetta i sårbare kommunar. Samla vil tiltaka knytt til sikkerheit og beredskap bidra til å oppnå dette delmålet.
Delmål 9.c) Auke tilgangen til informasjons- og kommunikasjonsteknologi vesentleg og arbeide for at dei minst utvikla landa får allmenn og rimeleg tilgang til internett innan 2020
Tilgangen til kommunikasjonsteknologi i Noreg er god for dei aller fleste. Per første halvår 2022 hadde 93,6 pst. av husstandane tilbod om breiband med nedlastingshastigheiter på minst 100 Mbit/s. Over to tredelar av husstandane i landet har tilbod om 5G, og det er forventa dekning om lag på nivå med 4G-dekninga i løpet av 2024. Sjølv om dekninga generelt sett er god i Noreg, er det enkelte som har for dårleg dekning. Regjeringa foreslår derfor ein betydeleg styrking av det statlege bidraget til utbygging i område utan kommersielt grunnlag for utbygging.
Ny teknologi, som for eksempel satellitt-teknologi, gjer at det er stort potensiale for auka dekning i dei minst utvikla landa. FN-organet Den internasjonale telekommunikasjonsunion (ITU) og satellittorganisasjonane ITSO og EUTELSAT arbeider mellom anna for universell og rimeleg tilgang til informasjons- og kommunikasjonsteknologi. Noreg støttar dette arbeidet gjennom medlemskapet i desse organa.
Delmål 10.3) Sikre like moglegheiter og redusere skilnader i levekår, mellom anna ved å avskaffe diskriminerande lover, politikk og praksis og ved å fremje lovgiving, politikk og tiltak som er eigna til å nå dette målet
Den raske og utbreidde digitaliseringa av offentlege tenester gjer at det er viktig å leggje til rette for at alle blir inkludert i det digitale fellesskapet. I februar 2022 forankra regjeringa strategien for Digital heile livet. I mars 2022 inngjekk Kommunal- og distriktsdepartementet og KS ein ny samarbeidsavtale om etablering av kommunale hjelpetilbod for å auke den digitale kompetansen til innbyggarane. Avtalen varer ut 2025. Kommunal- og distriktsdepartementet vil utarbeide ein handlingsplan basert på strategien Digital heile livet i løpet av hausten 2022. Departementet forvaltar ei tilskotsordning om etablering av kommunale Digihjelpen-tilbod, som blir foreslått med ei ramme på 8 mill. kroner i 2023.
Rekrutteringsarbeidet i staten skal ha ei brei og inkluderande tilnærming, jf. Statens personalhandbok pkt. 1.6. I Hurdalsplattforma er det også tydeleg uttrykt at folk med nedsett funksjonsevne og helsemessige utfordringar skal møte eit arbeidsliv som er ope og inkluderande.
Fleire tiltak skal bidra til dette. Forskrift til statstilsettelova slår mellom anna fast at statlege verksemder skal kalle inn minst ein kvalifisert søkjar med nedsett funksjonsevne, og minst ein kvalifisert søkjar med fråvær frå arbeid, utdanning eller opplæring («hol i CV-en») til intervju. Etter forskrifta er det òg høve, men ikkje plikt, til å tilsetje ein søkjar med funksjonsnedsetjing eller hol i CV-en dersom vedkommande er noko nær like godt kvalifisert som den best kvalifiserte søkjaren (moderat kvotering). Det er nyleg vedteke ei endring i forskrifta til statstilsettelova, der det er gitt høve til å tilsetje personar med nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en, og som har førebels lønstilskot, i inntil to år utan offentleg utlysing. Staten har òg eit eige traineeprogram for personar med funksjonsnedsetjing og hòl i CV-en.
Auka rekruttering av personar med innvandrarbakgrunn er òg viktig i eit mangfaldsperspektiv. Det følgjer av forskrifta til statstilsettelova at statlege verksemder skal innkalle minst éin kvalifisert søkjar som er innvandrar eller som er norskfødd og der begge foreldra er utanlandskfødde til intervju.
I hovudtariffavtalane for staten for perioden 2022–2024 er det nedfelt at partane i staten vil støtte kompetansetiltak mellom anna innanfor opplæring om aktivitets- og utgreiingsplikta (ARP). Dette vil kunne bidra til at statlege verksemder får eit auka medvit kring korleis ein skal jobbe med likestilling og på sikt bidra til å sikre like moglegheiter og hindre diskriminering på bakgrunn av kjønn, etnisitet, religion mv., jf. likestillings- og diskrimineringslova.
Delmål 11.1) Innan 2030 sikre at alle har tilgang til tilfredsstillande og trygge bustader og grunnleggjande tenester til ein overkomeleg pris, og betre forholda i slumområde
Regjeringa er oppteken av at det skal vere tilgang på eigna bustader i hele landet. Noreg har få bustadlause, og dei fleste bur godt og trygt. Nesten 80 pst. av husstandane i Noreg bur i ein bustad dei sjølv eig.
Det er fleire bustadmarknader i landet. Høge bustadprisar i pressområde gjer det vanskeleg for personar med låg inntekt og barnefamiliar å etablere seg i ein eigna bustad. Dei bustadsosiale verkemidla til Husbanken, startlån og lån til utleigebustader gjer at fleire kan kjøpe ein eigna bustad, og at det blir tilgang på fleire eigna utleigebustader. I mange distriktskommunar er det få eller ingen nye bustader som blir bygd, og det er få utleigebustader. Husbanken skal prioritere å gi lån til bustadkvalitet og lån til utleigebustader i distriktskommunar.
Regjeringa vil leggje fram ei melding til Stortinget om ein heilskapleg bustadpolitikk. Meldinga vil både ta for seg leige- og eigarmarknaden og distrikts- og pressområdeutfordringar.
Bustader og bygg skal vere tilgjengelege for personar med funksjonsnedsettingar, og eldre personar skal få bu heime lengst mogleg dersom dei kan og vil. Byggteknisk forskrift stiller minimumskrav til kvalitetar i bygg, og DiBK gir informasjon og rettleiing om universell utforming og tilgjengelegheit til kommunar og privatpersonar. Vidare gir Husbanken lån til livsløpsbustader.
Den sosiale bustadpolitikken skal førebyggje at folk får utfordringar på bustadmarknaden, og gi hjelp til dei som ikkje klarar å skaffe seg og halde på ein eigna bustad. I juni 2022 la regjeringa fram eit lovforslag om ei ny bustadsosial lov, som skjerper ansvaret kommunane har når det gjeld plikta til å ta bustadsosiale omsyn i planlegginga.
Det er i dag ingen område i norske byar og tettstader som kan kategoriserast som slum, men enkelte område i dei største byane har ei opphoping av dårlege levekår. Regjeringa er oppteken av at alle lokalsamfunn skal vere inkluderande og trygge, og har derfor eit samarbeid om områdesatsingar med fem av dei største byane, og vil inngå samarbeid med fleire byar som har levekårsutfordringar. Regjeringa skal leggje fram ei melding om levekår i byar våren 2023.
Delmål 11.2) Innan 2030 sørgje for at alle har tilgang til trygge, tilgjengelege og berekraftige transportsystem til ein overkomeleg pris og betre tryggleiken på vegane, særleg ved å leggje til rette for kollektivtransport og med særleg vekt på behova til personar i utsette situasjonar, kvinner, barn, personar med nedsett funksjonsevne og eldre
Noreg har få trafikkulykker og eit forholdsvis godt kollektivtilbod, men det er ei utfordring å få til eit godt tilbod i område med spreidd busetjing. Kommunal- og distriktsdepartementet har initiert prosjektet Smart mobilitet i distriktene, som skal samle erfaringar knytte til løysingar for kollektivtilbod i spreiddbygde strøk og kartleggje potensialet for nye løysingar. Effektiv arealbruk skal bidra til å redusere klimagassutslepp, kø, forureining og støy, og til at veksten i persontransporten i storbyområdane blir tatt med kollektivtransport, sykkel og gonge. Regjeringa legg vekt på universell utforming for å sikre omgivnader som er tilgjengelege og kan brukast av alle.
Delmål 11.3) Innan 2030 styrkje inkluderande og berekraftig urbanisering og leggje til rette for deltakande, integrert og berekraftig samfunnsplanlegging og forvaltning i alle land
Byar og lokalsamfunn skal vere for alle og gi grunnlag for at også barn, eldre og personar med funksjonsnedsetting kan delta. Medverknad er integrert i all planlegging og sikra i plan- og bygningslova.
Delmål 11.4) Styrkje innsatsen for å verne og sikre kultur- og naturarven i verda
Gjennom arbeidet for urfolk sine språk, kultur og tradisjonelle næringar, bidrar Sametinget og Internasjonalt reindriftssenter til å oppfylle berekraftsmålet.
Delmål 11.5) Innan 2030 oppnå ein vesentleg reduksjon i talet på dødsfall og talet på personar som blir ramma av katastrofar, inkludert vassrelaterte katastrofar, og i vesentleg grad minske dei direkte økonomiske tapa i det samla bruttonasjonalproduktet i verda som følgje av slike katastrofar, med vekt på vern av fattige og personar i utsette situasjonar
Eit endra klima med meir nedbør og høgare havnivå aukar risikoen for flaum og ras og skaper utfordringar for vass- og avløpsnettet. Fortetting bidrar også til eit større omfang av overvass-skadar i byar og tettstader. I 2018 blei det utarbeidd statlege planretningslinjer for klima- og energiplanlegging og klimatilpassing. Det er eit behov for å auke innsatsen for å førebyggje og gjere norske kommunar mindre sårbare for klimaendringar som kjem og i betre i stand til å handtere dei. Kommunal- og distriktsdepartementet la i juni 2002 fram Prop. 125 L (2021–2022) Endringar i plan- og bygningsloven (reglar om handtering av overvatn i byggjesaker mv.). Som oppfølging av utgreiinga frå overvassutvalet, NOU 2015: 16 Overvann i byer og tettsteder, har regjeringa lagt fram forslag til endringar i plan- og bygningslova med nye reglar om handtering av overvatn i byggjesaker mv.
Det er forholdsvis få dødsfall i Noreg på grunn av naturkatastrofar, men naturhendingar som for eksempel ras og flaum fører til store tap av samfunnsverdiar kvart år. Det er behov for å gjere informasjon om risiko og sårbarheit lettare tilgjengeleg for kommunar og statsforvaltarar i arbeidet deira med risiko- og sårbarheitsanalysar. Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) har derfor utvikla ei teknisk løysing, Kunnskapsbanken, for innhenting, samanstilling og tilgjengeleggjering av data, i tillegg til støtte til analyseprosessar på samfunnssikkerheitsområdet.
Tilgang til geografiske data er avgjerande for å tilpasse seg eit endra klima. Kommunal- og distriktsdepartementet har vore med på å finansiere prosjektet nasjonal detaljert høgdemodell (NDH), der heile Noregs landareal blir skanna med laser for å produsere høgdedata. Slike data kan gi informasjon om område som er sårbare for flaum, skred og ras, og utgjer eit viktig kunnskapsgrunnlag for å redusere konsekvensane av forventa klimaendringar.
Delmål 11.6) Innan 2030 redusere negativ påverknad på miljøet frå byar og lokalsamfunn (målt per innbyggjar), med særleg vekt på luftkvalitet og avfallshandtering i offentleg eller privat regi
For å bidra til å nå målet om nullvekst i persontrafikken i byane og redusere utslepp av lokal forureining og klimagassar, har regjeringa inngått byvekstavtalar med dei fire største byregionane. Den forventa vidare veksten i og rundt dei største byane vil krevje effektiv arealbruk og ei relativt sterk utbygging av alle typar infrastruktur. Kompakt storbyutvikling er ein viktig strategi for å redusere klimagassutsleppa og fremje gode livsvilkår for innbyggjarane.
Norske byar har i internasjonal samanheng relativt lite luftforureining, og Noreg er blant landa i Europa som har minst risiko for tidleg død på grunn av lokal luftforureining frå vegtrafikken.
Delmål 11.7) Innan 2030 sørgje for at alle, særleg kvinner og barn, eldre og personar med nedsett funksjonsevne, har tilgang til trygge, inkluderande og tilgjengelege grøntområde og offentlege rom
Regjeringa er oppteken av å sikre gode og tilgjengelege grøntområde for alle. Gjennom eigne tilskotsordningar blir det gitt tilskot til kjøp og varig sikring og tilrettelegging av attraktive grøntområde for friluftsliv og rekreasjon. Ei rekke attraktive grøntområde i byar og tettstader er dei siste åra lagde til rette og varig sikra for allmenta som følgje av denne ordninga. Kartleggingar utførte av Statens kartverk tyder på at opp mot 40 pst. av turvegane er tilgjengelege og kan brukast av personar med funksjonsnedsetting.
Kommunal- og distriktsdepartementet sendte i 2021 forslag til endringar i reglane om utbyggingsavtalar mv. i plan- og bygningslova på høyring. Utbyggingsavtalar, som blir inngått mellom kommunar og utbyggjarar, inneber at grunneigaren eller utbyggjaren er med på å finansiere nødvendig offentleg infrastruktur, for eksempel vegar, parkar og friområde. Dei nye reglane skal gi kommunane eit betre verktøy for gjennomføring av planar og legg til rette for at utbygginga kan skje raskare. Departementet har motteke om lag 90 svar frå høyringsinstansane. Svara viser at det er behov for justeringar i høyringsforslaget, og departementet arbeidar derfor nå med eit justert forslag.
Delmål 11.a) Støtte positive økonomiske, sosiale og miljømessige samband mellom byområde, omland og spreiddbygde område ved å styrkje nasjonale og regionale planar
Planlegging er det viktigaste verktøyet kommunen og fylkeskommunen har når dei skal prioritere oppgåver og fastsette areal for utbygging i by og bygd. Gjennom dokumentet Nasjonale forventninger til regional og kommunal planlegging 2019–2023 blir det lagt vekt på at fylkeskommunane og kommunane legg berekraftsmåla til grunn for planlegginga. Departementet har i 2022 lagt ut oppdatert rettleiing om korleis berekraftsmåla kan takast i bruk i planlegging etter plan- og bygningslova på sine nettsider planlegging.no.
Dei siste åra har Distriktssenteret arbeidd mykje med lokalt og regionalt arbeid for berekraftig samfunnsutvikling. Gjennom prosjektet Berekraftig utvikling i distriktskommunar (2020–2022) utforskar dei korleis innbyggjarar i distriktskommunar forstår berekraft, og korleis distriktskommunar arbeider med berekraftig samfunnsutvikling i praksis. Våren 2022 la Distriktssenteret fram ein rapport om dette arbeidet.
Delmål 11.b) Innan 2030 oppnå ein vesentleg auke i talet på byar og lokalsamfunn som vedtek ein integrert politikk og gjennomfører planar med sikte på inkludering, betre ressursbruk, avgrensing av og tilpassing til klimaendringar og evne til å stå imot og handtere katastrofar, og dessutan utvikle og setje i verk eit heilskapleg system for risikostyring og katastrofehandtering på alle nivå, i tråd med Sendai-rammeverket for katastrofeberedskap for 2015–2030
Kommunane har ei nøkkelrolle i arbeidet med samfunnssikkerheit. Dei har eit generelt ansvar for å ta vare på sikkerheita for befolkninga innanfor sine geografiske område. Samfunnssikkerheitsarbeidet i kommunane skal vere heilskapleg, systematisk og kunnskapsbasert. Kommunane skal kartleggje uønskte hendingar som kan inntreffe, vurdere kor sannsynleg det er at desse hendingane inntreffar, og korleis dei i så fall kan påverke kommunen. Resultatet av dette arbeidet skal vurderast og samanstillast i ein heilskapleg risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS-analyse), jf. sivilbeskyttelseslova § 14. Undersøkingar viser at 98 pst. av norske kommunar har heilskaplege ROS-analysar og beredskapsplanar.
Delmål 11.c) Støtte dei minst utvikla landa i å føre opp berekraftige og solide bygg ved bruk av lokale materiale, mellom anna gjennom økonomisk og fagleg støtte
Rask urbanisering bidrar til meir luftforureining, utilstrekkeleg infrastruktur og mangel på nødvendige tenester. Noreg støttar arbeidet for robuste og berekraftige byar gjennom dei multilaterale utviklingsbankane og ulike FN-organisasjonar.
Delmål 12.7) Fremje berekraftige ordningar for offentlege innkjøp, i samsvar med politikk og prioriteringar i dei enkelte landa
Programmet for innovasjonskjøp frå oppstartselskap, StartOff, er eit døme på korleis det offentlege kan anskaffe berekraftige innovative løysingar. Kjernen i programmet er at offentlege verksemder formulerer utfordringar og behov som oppstartsmiljø og andre innovative aktørar utarbeider løysingar på. Programmet har vært operasjonelt frå 2021. Ein offentleg verksemd som lyser ut eit prosjekt gjennom StartOff får i gjennomsnitt 15 forslag til løysing på utfordringa si. I 2022 blir det tatt sikte på å gjennomføre 12 prosjekt i StartOff.
Delmål 13.1) Styrkje evna til å stå imot og tilpasse seg til klimarelaterte farar og naturkatastrofar i alle land
Flaum, skred og overvatn er naturhendingar som kan få store menneskelege og økonomiske konsekvensar. Gjennom areal- og samfunnsplanlegging kan kommunane førebyggje skadar. Riksrevisjonen leverte i mars 2022 ein rapport som mellom anna viste at samordninga mellom departementa er for svak for å kunne tilpasse samfunnet til klimaendringar og at kommunane ikkje i tilstrekkeleg grad legg klimaframskrivingar til grunn i si langsiktige planlegging. Departementet følgjer opp rapporten i samarbeid med andre departement, og har starta arbeidet med ei stortingsmelding om klimatilpassing.
Klimaendringar krev robuste nybygg og tilpassa vedlikehald. Staten skal unngå å byggje der risikoen er stor. Statlege eigedomsforvaltarar skal analysere behovet og leggje planar for gjennomføring og finansiering av nødvendige klimatilpassingstiltak.
Kvart år blir samfunnet utsett for store skader på grunn av overvatn. Våtare og villare ver, sentralisering og fortetting kan auke problema. Regjeringa vil at overvatn skal vere ein ressurs, og ikkje berre eit problem. I juni 2022 fremja regjeringa forslag om endringar i plan- og bygningslova, som skal gi kommunane betre verkemiddel for tiltak mot overvatn.
Delmål 13.2) Innarbeide tiltak mot klimaendringar i politikk, strategiar og planlegging på nasjonalt nivå
Det er viktig for regjeringa at bustader og bygg skal vere sikre og berekraftige. Byggjenæringa har eit stort potensial for å kutte utslepp, mellom anna ved bruk av klimavenlege materiale og ombruk av byggjevarer. Direktoratet for byggkvalitet (DiBK) skal fremje berekraftig byggjeverksemd. I tillegg gir Husbanken lån til å oppgradere bustader og byggje miljøvenlege bustader.
Staten skal vere ein pådrivar for ei grønare og meir klimavenleg næring. Statlege bygg og eigedommar skal ha låge klimagassutslepp, og staten skal gå føre for ei meir sirkulær byggje- og eigedomsnæring.
Gjennom planlegging etter plan- og bygningslova kan kommunane påverke utslepp frå mellom anna endra arealbruk og transport. Regjeringa slår i Hurdalsplattforma fast at omsynet til natur og klima skal bli varetatt i plan- og bygningslova. Departementet følgjer opp dette i sitt rettleiings- og lovutviklingsarbeid.
13.3) Styrkje evna enkeltpersonar og institusjonar har til å redusere klimagassutslepp, tilpasse seg til og redusere konsekvensane av klimaendringar og varsle tidleg, og dessutan styrkje utdanninga og bevisstgjeringa om dette
Gjennom planlegging etter plan- og bygningslova kan kommunane påverke klimagassutslepp frå mellom anna endra arealbruk og transport. Departementet arbeider med å rettleie og leggje til rette for at kommunane tar slikt omsyn i sin planlegging, og arbeider med å betre verktøya kommunane har til å gjere dette arbeidet.
Partane i staten har i hovudtariffavtalane for 2022–2024 blitt einige om at dersom Noreg skal nå berekraftsmåla, må staten gå fremst, og alle statlege verksemder må bidra. Dette skal mellom anna skje ved at dei lokale partane må finne løysingar for å fremje berekraft og redusere miljøavtrykket i den enkelte verksemd. Dei sentrale partane i staten vil i tariffperioden kartleggje korleis dei lokale partane kan støttast i dette arbeidet. Ei slik kartleggjing vil bli gjort av ei partssamansett gruppe. Det skal også leggjast til rette for kompetanseheving kring berekraft, klima og miljøspørsmål på tvers av statlege verksemder, jf. hovudtariffavtalane punkt 5.3.2.
Delmål 16.6) Utvikle effektive, ansvarlege og opne institusjonar på alle nivå
Noreg var i 2010 éin av åtte initiativtakarar til Open Government Partnership (OGP). Målet med OGP er at offentleg sektor og det sivile samfunnet skal samarbeide om å skape ei meir ope, velfungerande og brukarvenleg forvaltning. Det viktigaste verkemiddelet i OGP er dei nasjonale handlingsplanane som blir utarbeidde i samråd med det sivile samfunnet. Kommunal- og distriktsdepartementet er samordnar og pådrivar for OGP-arbeidet i Noreg. Det er oppnemnt eit eige OGP-råd som skal gi regjeringa råd om arbeidet med openheit i forvaltninga. Noreg har starta arbeidet med ein ny handlingsplan som skal vare frå 2023 til 2027. Regjeringa ser mellom anna meir openheit om offentlege innkjøp, antikorrupsjonsarbeid, reelt eigarskap og tillit til og openheit i forvaltninga som prioriterte område i denne planen. Det sivile samfunnet er bede om å kome med innspel til forpliktingar i handlingsplanen. Invitasjonen er også lagd ut på ålmenn høyring kor alle kan kome med forslag til forpliktingar.
Opne data er viktig for effektivisering og innovasjon, for næringsutvikling og for å fremje eit ope og demokratisk samfunn. I Meld. St. 22 (2020–2021) Data som ressurs – Datadrevet økonomi og innovasjon løftast ambisjonen om at Noreg skal skapa verdiar, fleire nye arbeidsplassar i heile landet og ein effektiv offentleg sektor basert på data. Opne data handlar om å gi næringsliv, forskarar og sivilsamfunn tilgang til data som offentleg forvaltning har, på ein slik måte at dei lett kan brukast i nye samanhengar. Digitaliseringsdirektoratet har ansvar for data.norge.no, som er Noregs offisielle nettstad for opne offentlege data. Her kan verksemdene sjølve registrere datasett som er gjorde tilgjengelege for vidare bruk, og finne rettleiingsmateriell og informasjon om Norsk lisens for offentlege data.
Delmål 16.7) Sikre lydhøyre, inkluderande, deltakingsbaserte og representative avgjerdsprosessar på alle nivå
Moglegheita til å medverke i planprosessar styrkar og utviklar lokaldemokratiet. Det sikrar at viktige omsyn kjem fram og gir den enkelte moglegheit til å påverke avgjerder om samfunnsutviklinga. Planprosessar som er opne og kan etterprøvast er dessutan viktig for tilliten mellom innbyggjarar og styresmakter. Medverknad gir såleis betre planar, færre konfliktar og ei meir effektiv gjennomføring av vedtekne planar.
For spørsmål som kan påverke samiske interesser, er det eigne reglar om konsultasjonar. Stortinget vedtok våren 2021 å lovfeste plikta til å konsultere Sametinget og samiske interesser i saker som gjeld dei. Lova, som vart sett i kraft 1. juli 2021, forankrar konsultasjonsplikta for alle forvaltningsnivå, også kommunar og fylkeskommunar. Lova legg til rette for gode demokratiske prosessar og skal sikre at samiske interesser kjem tidleg inn i prosessane, slik at dei har moglegheit til å påverke avgjerdene.
Myndigheitene bidrar til å styrkje organisasjonane til nasjonale minoritetar, mellom anna gjennom drifts- og prosjekttilskot, slik at dei sjølve kan delta og påverke i saker som angår dei. Dialogen mellom myndigheitene og organisasjonane skjer i Kontaktforum mellom nasjonale minoritetar og sentrale myndigheiter, gjennom årlege dialogmøte med organisasjonane enkeltvis og gjennom kontakt i konkrete spørsmål som organisasjonane er opptekne av.
Delmål 17.17) Stimulere til og fremje velfungerande partnarskap i det offentlege, mellom det offentlege og det private og i det sivile samfunnet som byggjar på erfaringar med partnarskapa og ressursstrategiar
Departementa har dialog med dei nordlegaste fylkeskommunane og Sametinget gjennom Regionalt nordområdeforum. Dette dialogforumet skal bidra til å styrkje samordninga mellom nordområdepolitikken og annan nasjonal og regional innsats i Nord-Noreg.
9 Lønsvilkår o.a. til leiarar i heileigde statlege verksemder
Electronic Chart Center AS
Lønskostnaden for administrerande direktør utgjorde 1 166 976 kroner i 2021. Andre ytingar utgjorde 10 310 kroner mens pensjonskostnaden var 23 340 kroner. Pensjonsordninga er sikra gjennom Statens Pensjonskasse. Det er ikkje avtalt nokon etterlønsordning for administrerande direktør.
Kommunalbanken AS
Administrerande direktør tok imot 3 121 000 kroner i fastløn for 2021. Andre ytingar utgjorde 59 000 kroner. Pensjonskostnaden var 191 000 kroner. Administrerande direktør har som andre tilsette ei innskotsbasert pensjonsordning inntil 12 G, og er omfatta av den same ordninga for resultatbasert variabel løn som andre tilsette. Ordninga er avgrensa til 1,5 månadsløner og føreset at styrefastsette måltal er nådde. Administrerande direktør har ein etterlønsavtale på inntil tolv månadsløner som blir utløyst etter særskilde vilkår. Opplysningar om godtgjersle til administrerande direktør går fram av Kommunalbankens årsmelding for 2021.
Norid AS
Dagleg leiar tok imot 1 198 303 kroner i fastløn for 2021. Andre ytingar utgjorde 25 910 kroner. Pensjonskostnaden var 158 930 kroner. Leiande tilsette er på lik linje med andre tilsette med i den kollektive pensjonsordninga til verksemda. Dette er ei innskotsbasert pensjonsordning på inntil 12 G. Det er ikkje avtalt etterlønsordning for dagleg leiar. Norid AS nyttar ikkje variabel løn og heller inga form for opsjonsprogram eller bonusutbetalingar.
10 Likestilling
10.1 Likestilling i staten
Likestilling inneber at alle personar skal ha like rettar og moglegheiter i samfunnet, uavhengig av mellom anna kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, alder, etnisitet og religion.
Likestilling i det statlege tariffområdet
Kommunal- og distriktsdepartementet har ansvaret for staten sin sentrale arbeidsgivarfunksjon og er tariffpart i det statlege tariffområdet. Departementet har i kraft av denne rolla eit særleg ansvar for å leggje til rette for at den statlege personalpolitikken bidrar til likestilling og hindrar diskriminering, mellom anna når det gjeld rekruttering, løns- og arbeidsvilkår, forfremming, utviklingsmoglegheiter og tilrettelegging for å kombinere arbeid og familieliv. Å leggje til rette for at alle får like moglegheiter i arbeidslivet, er ein viktig føresetnad for likestilling, og er mellom anna nedfelt i staten si personalhandbok pkt. 1.6:
«Staten skal speile mangfoldet i befolkningen når det gjelder kjønn, alder, funksjonsevne, etnisk bakgrunn, seksuell orientering mv. Mangfold i den statlige personalstyrken støtter opp under mulighetene for god måloppnåelse og bidrar til at staten kan yte gode tjenester til alle samfunnsborgere uansett bakgrunn og livserfaring».
I Hurdalsplattforma er det tydeleg uttrykt at folk med nedsett funksjonsevne og helsemessige utfordringar skal møte eit arbeidsliv som er ope og inkluderande. Innvandrarar skal få bidra med sine ressursar. Kvinner og menn skal ha dei same moglegheitene, og ingen skal bli utsette for trakassering eller vald i arbeidslivet.
Staten må ta sin del av ansvaret for å bidra til auka mangfald og inkludering. Ei rekkje verkemiddel blir nytta for å oppnå dette.
Eit eige traineeprogram er ein del av staten si satsing for å inkludere personar med nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en. Eit sentralt mål med traineeprogrammet er å utvikle rekrutteringsarbeidet i verksemdene, slik at eit inkluderings- og mangfaldsperspektiv er integrert i alle rekrutteringsprosessar i staten. Det er viktig å spreie kunnskap, styrkje erfaring og utvikle medvit hjå HR og rekrutterande leiarar. I 2021 blei 29 personar i målgruppa for programmet tilsett i ei statleg verksemd (kjelde: DFØ årsrapport 2021).
Statlege verksemder skal kalle inn minst ein kvalifisert søkjar med nedsett funksjonsevne, og minst ein kvalifisert søkjar med fråvær frå arbeid, utdanning eller opplæring («hol i CV-en») til intervju. Dette er det gitt reglar om i forskrifta til statstilsettelova.
Etter forskrifta er det også høve, men ikkje plikt, til å tilsetje ein søkjar med funksjonsnedsetjing eller hol i CV-en dersom vedkommande er noko nær like godt kvalifisert som den best kvalifiserte søkjaren (moderat kvotering). Det er nyleg vedteke ei endring i forskrifta til statstilsettelova, der det er gitt høve til å tilsetje personar med nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en, og som har førebels lønstilskot, i inntil to år utan offentleg utlysing. Dette skal gjere det enklare for statlege verksemder å ta i bruk kompetansen og arbeidskrafta til personane som er i målgruppa for denne ordninga.
Også auka rekruttering av personar med innvandrarbakgrunn er viktig i et mangfaldsperspektiv. Det følgjer av forskrifta til statstilsettelova at statlege verksemder skal innkalle minst éin kvalifisert søkjar som er innvandrar eller som er norskfødd og der begge foreldra er utanlandskfødde til intervju.
Kjønnslikestilling i det statlege tariffområdet
I tråd med likestillings- og diskrimineringslova § 26 a skal det gjerast greie for den faktiske tilstanden når det gjeld kjønnslikestilling. I tabell 10.1 er det gjort greie for delen kvinner og menn mellom leiarar i staten, og i tabell 10.2 tal på menn og kvinner og gjennomsnittleg løn for menn og kvinner i utvalde yrkeskategoriar. Likestillingstiltaka innanfor det statlege tariffområdet dei siste åra har særleg vore retta mot å fremje likeløn mellom kvinner og menn og mot målet om 40 pst. representasjon av begge kjønn i leiarstillingar. Etter endringar i likestillings- og diskrimineringslova blir det òg lagt særleg vekt på likeløn og spørsmål om deltid.
Tabell 10.1 Prosentdelen kvinner og menn i alle leiarstillingar og toppleiarstillingar i statleg sektor 2017–20211
Leiargrupper | Kjønn | 2017 | 2018 | 2019 | 2020 | 2021 |
---|---|---|---|---|---|---|
Alle leiarar i staten | Kvinner | 48 % | 49 % | 49 % | 51 % | 51 % |
Menn | 52 % | 51 % | 51 % | 49 % | 49 % | |
Totalt | 10 361 | 10 323 | 10 310 | 9 958 | 10 114 | |
Leiarar som er omfatta av leiarlønssystemet | Kvinner | 34 % | 37 % | 38 % | 39 % | 39 % |
Menn | 66 % | 63 % | 62 % | 61 % | 61 % | |
Totalt | 248 | 242 | 234 | 232 | 224 | |
Leiarar som er omfatta av hovudtariffavtalane | Kvinner | 48 % | 49% | 50% | 51 % | 52 % |
Menn | 52 % | 51 % | 50 % | 49 % | 48 % | |
Totalt | 10 113 | 10 081 | 10 076 | 9 726 | 9 890 |
1 Prosentdelen kvinner og menn i leiarstillingar inkluderer både leiarar som er omfatta av hovudtariffavtalane i staten per 1. oktober, og leiarar som er omfatta av statens leiarlønssystem per 31. desember. Tala for leiarar som er omfatta av hovudtariffavtalane, baserer seg på yrkeskode / STYRK-kode 1 administrative leiarar.
Kilde: Statens lønsstatistikk og innrapporterte opplysningar frå departementa per 31.12.
Tabell 10.1 gir ei oversikt over delen kvinner og menn i alle leiarstillingar, inkludert toppleiarstillingar, i staten. Mellom alle leiarar var det i 2021 49 pst. menn og 51 pst. kvinner. Dersom vi berre ser på leiarar som er omfatta av leiarlønssystemet, var delen kvinner 39 pst. Leiarlønssystemet omfattar ein rekkje leiarstillingar i staten, slik som departementsrådar og ekspedisjonssjefar i departementa, toppleiarar i større etatar og institusjonar, statsforvaltarar og politimeistrar. Leiarlønssystemet blei etablert i 1991, mellom anna for å kunne rekruttere og halde på dyktige leiarar i staten. Den største gruppa av leiarar på leiarlønssystemet er ekspedisjonssjefane. Per 31. desember 2021 var 43 pst. av desse kvinner. Det var også 43 pst. kvinner som er øvste leiar i eit direktorat.2 Av departementsrådane var det 8 kvinner og 8 menn.
Tabell 10.2 Tal på menn og kvinner og gjennomsnittleg løn for menn og kvinner i utvalde yrkeskategoriar
Kjønnsbalanse | Løn | ||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Yrkeskategoriar | År | Menn | Kvinner | Totalt | Menn, md.løn i alt | Kvinner, md.løn i alt | Kvinners del av menn si løn |
Administrativ leiar1 | 2020 | 4 754 | 4 972 | 9 726 | 72 276 | 68 857 | 95 % |
2021 | 4 774 | 5 116 | 9 890 | 74 311 | 70 484 | 95 % | |
Rådgivar | 2020 | 5 229 | 10 969 | 16 198 | 49 822 | 46 293 | 93 % |
2021 | 5 694 | 11 850 | 17 544 | 50 997 | 47 585 | 93 % | |
Seniorrådgivar | 2020 | 5 759 | 7 584 | 13 343 | 58 318 | 54 747 | 94 % |
2021 | 6 160 | 8 295 | 14 455 | 59 741 | 56 027 | 94 % | |
Reinhaldar | 2020 | 143 | 923 | 1 066 | 34 507 | 34 240 | 99 % |
2021 | 132 | 900 | 1 032 | 36 048 | 35 219 | 98 % | |
Ingeniør, høgskule | 2020 | 2 905 | 1 323 | 4 228 | 49 306 | 44 859 | 91 % |
2021 | 2 910 | 1 322 | 4 232 | 50 657 | 45 795 | 90 % | |
Sosionom | 2020 | 103 | 209 | 312 | 45 367 | 46 902 | 103 % |
2021 | 108 | 225 | 333 | 46 142 | 47 336 | 103 % | |
Førstekonsulent | 2020 | 864 | 1 986 | 2 850 | 44 333 | 41 220 | 93 % |
2021 | 915 | 2 021 | 2 936 | 45 161 | 42 386 | 94 % | |
Miljøarbeidar | 2020 | 251 | 222 | 473 | 43 751 | 42 142 | 96 % |
2021 | 247 | 222 | 469 | 44 918 | 43 765 | 97 % | |
Lektor, inkl. høgskulelektor og universitetslektor | 2020 | 2 232 | 3 312 | 5 544 | 52 812 | 51 397 | 97 % |
2021 | 2 339 | 3 425 | 5 764 | 54 137 | 52 647 | 97 % |
1 Administrative leiarar betyr her at dei er omfatta av hovudtariffavtalane, og uttrekket er gjort ved hjelp av STYRK-kode 1 (administrative leiarar) i statens lønssystem.
Kilde: Statens lønssystem. Fleire STYRK-kodar er brukte.
Eit sentralt tema innanfor likestilling er likeløn. Likestillings- og diskrimineringslova § 34 slår fast at kvinner og menn i same verksemd skal ha lik løn for same arbeid eller arbeid av lik verdi. Løna skal fastsettast på same måte, utan omsyn til kjønn. Ser vi på samfunnet under eitt, har gjennomsnittsløna for kvinner og menn nærma seg kvarandre over tid. Det har skjedd samstundes med ein auke i yrkesdeltakinga og i utdanningsnivået blant kvinner. Lønsskilnaden er minst i kommunal sektor, deretter følgjer stat og til slutt privat sektor (kjelde: Bufdir.no). Tabell 10.2 viser gjennomsnittleg løn for kvinner og menn i det statlege tariffområdet innanfor utvalde yrkeskategoriar, medan tabell 10.3 viser gjennomsnittleg månadsløn for høvesvis kvinner og menn og prosentvis auke i månadsløn frå 2016 til 2021.
Tabell 10.3 Tal på årsverk og gjennomsnittleg månadsforteneste per årsverk 2016-2021
Tal på årsverk1 | Prosent endring 2016–2021 | Gjennomsnittleg md.forteneste2 for heiltidstilsette | Prosent endring 2016–2021 | |||
---|---|---|---|---|---|---|
2016 | 2021 | 2016 | 2021 | |||
Årsverk som er omfatta av hovudtariffavtalane | 151 070 | 153 521 | 1,6 % | 46 718 | 53 157 | 13,8 % |
Kvinner | 73 240 | 78 031 | 6,5 % | 44 139 | 50 409 | 14,2 % |
Menn | 77 830 | 75 490 | -3,0 % | 49 144 | 55 998 | 13,9 % |
1 Tal på årsverk i 2016 og 2021 er henta frå rapportane frå Statistikk- og berekningsutvalet i samband med revisjon av hovudtariffavtalane i staten.
2 Tala for månadsforteneste er for heiltidstilsette, og ikkje per årsverk.
For tilsette i det statlege tariffområdet samla, var kvinner sin del av menn si løn i 2021 på 90,2 pst. (månadsforteneste i alt). Ser vi på fastløn var den på 96,1 pst. når det gjeld kvinner sin del av menn si løn (Statistikk- og berekningsutvalet i samband med revisjon av hovudtariffavtalane i staten 2022). I perioden mellom 2016 og 2021 auka talet på årsverk i staten omfatta av hovudtariffavtalane med 1,6 pst. Talet på årsverk knytt til kvinner auka med 6,5 pst. medan talet på årsverk knytt til menn gjekk ned med 3 pst. Tabell 10.3 viser at frå 2016 til 2021 var den prosentvise auken i månadsforteneste noko større for kvinner enn for menn.
Både tabell 10.2 og 10.3 viser at det er kjønnsskilnader i løn, men tala seier ikkje noko om årsakene til desse skilnadene. I samband med den forsterka aktivitets- og opplysningsplikta er offentlege verksemder pålagde å gjere nærare greie for likeløn annakvart år, forstått som lik løn for arbeid av lik verdi. Ei slik kartlegging vil på sikt kunne gi større innsikt i kva dei konkrete lønsskilnadene i det statlege tariffområdet kjem av. 2021 er første gong med likelønsrapportering etter den nye plikta. Departementet vil følgje med på denne rapporteringa framover.
Når det gjeld bruken av deltid, er skilnaden mellom kvinner og menn liten. 9,2 pst. menn og 10,9 pst. kvinner arbeidde deltid i 2021 (kjelde: Rapport frå Statistikk- og berekningsutvalet i samband med revisjon av hovudtariffavtalane i staten 2022 pkt. 7). Endringane frå 2020 til 2021 er også små, i 2020 arbeidde høvesvis 8,5 pst. menn og 10,8 pst. kvinner deltid i staten. I 2022 er første gong dei statlege verksemdene skal rapportere om ufrivillig deltid (for 2021), jf. aktivitets- og opplysningsplikta i likestillings- og diskrimineringslova. På same måte som for likeløn, er dette eit tema departementet vil følgje med på framover.
For ytterlegare informasjon om likestillingsstoda i staten viser vi til budsjettproposisjonane frå dei enkelte departementa.
10.2 Likestilling i verksemdene
Tabell 10.4 gir ei tilstandsrapportering om likestillingssituasjonen i Kommunal- og distriktsdepartementet og underliggande verksemder.
Kjønnsbalansen i departementet når ein ser alle stillingskategoriar under eitt, er 61 pst. kvinner og 39 pst. menn. Departementet arbeider for lik løn mellom kjønna innan alle stillingskategoriar. Delen som arbeider deltid har gått ned for kvinner frå 2020 til 2021 i en del verksemder, mens delen har økt noko for menn. Talet på mellombelse tilsette har gått ned for både kvinner og menn. Både kvinner og menn tar ut foreldrepermisjon og har høve til å tilpasse arbeidstida i småbarnsperioden. Framleis har kvinner noko høgare legemeld sjukefråvær enn menn.
For nærare omtale av dei underliggande verksemdene viser vi til årsrapportane deira.
Tabell 10.4 Tilstandsrapportering i Kommunal- og distriktsdepartementet og underliggande verksemder
Kjønnsbalanse | Kvinners løn i % av menn | Deltid | Mellombels tilsetting | Foreldre-permisjon (fordeling) | Legemeld sjukefråvær | ||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
M% | K% | Total | (kr/%) | M% | K% | M% | K% | M% | K% | M% | K% | ||
Kommunal- og distriktsdepartementet | 2021 | 39 | 61 | 395 | 99 | 1,2 | 2,5 | 1,7 | 1,7 | 72 | 28 | 2,3 | 5,3 |
2020 | 39 | 61 | 384 | 99 | 1,0 | 3,6 | 2,0 | 2,0 | 41 | 59 | 2,1 | 3,7 | |
Datatilsynet | 2021 | 42 | 58 | 72 | 96 | 10,0 | 4,8 | 20,0 | 19,0 | 6 | 94 | 1,9 | 4,0 |
2020 | 41 | 59 | 58 | 103 | 4,3 | 5,9 | 17,4 | 8,8 | 27 | 73 | 0,0 | 3,8 | |
Departementas sikkerheits- og serviceorganisasjon | 2021 | 60 | 40 | 733 | 102 | 1,0 | 2,0 | 3,0 | 3,0 | 64 | 36 | 3,3 | 5,6 |
2020 | 60 | 40 | 737 | 100 | 1,0 | 4,0 | 5,0 | 7,0 | 40 | 60 | 2,7 | 4,5 | |
Direktoratet for byggkvalitet | 2021 | 38 | 62 | 93 | 95 | 2,9 | 1,7 | 0,4 | 1,2 | 0 | 100 | 7,0 | 3,0 |
2020 | 43 | 57 | 84 | 91 | 6,0 | 0,0 | 0,0 | 2,0 | 66 | 33 | 2,0 | 6,0 | |
Digitaliseringsdirektoratet | 2021 | 54 | 46 | 342 | 92 | 1,1 | 4,5 | 1,1 | 4,5 | 38 | 62 | 2,8 | 6,4 |
2020 | 53 | 47 | 320 | 92 | 1,0 | 2,0 | 3,0 | 3,0 | 47 | 53 | 0,8 | 4,2 | |
Distriktssenteret - Kompetansesenter for distriktsutvikling | 2021 | 35 | 65 | 27 | 99 | 3,7 | 0,0 | 3,7 | 0,0 | 0 | 0 | 0,0 | 9,2 |
2020 | 36 | 64 | 28 | 93 | 0,0 | 0,0 | 1,0 | 0,0 | 0 | 100 | 1,9 | 1,8 | |
Statsforvaltaren | 2021 | 30 | 70 | 2 618 | 95 | 5,5 | 7,7 | 6,8 | 7,6 | 24 | 76 | 2,4 | 3,9 |
2020 | 32 | 68 | 2 460 | 94 | 6,3 | 8,3 | 5,9 | 6,7 | 21 | 79 | 1,9 | 4,7 | |
Statsforvaltarens fellestenester (STAF) | 2021 | 37 | 63 | 213 | 88 | 0,0 | 8,9 | 6,3 | 2,2 | 50 | 50 | 2,4 | 5,4 |
2020 | 37 | 63 | 219 | 91 | 1,0 | 9,0 | 8,0 | 4,0 | 29 | 71 | 1,6 | 4,8 | |
Husbanken | 2021 | 45 | 55 | 284 | 88 | 3,1 | 10,3 | 2,3 | 0,6 | 58 | 42 | 3,0 | 4,8 |
2020 | 44 | 56 | 298 | 88 | 2,3 | 9,5 | 0,8 | 1,8 | 57 | 43 | 2,4 | 3,5 | |
Husleigetvistutvalet | 2021 | 27 | 73 | 41 | 85 | 33,0 | 67,0 | 0,0 | 0,1 | 0 | 100 | 1,0 | 5,1 |
2020 | 29 | 71 | 38 | 74 | 0,0 | 0,0 | 0,0 | 0,8 | 33 | 67 | 8,2 | 4,0 | |
Internasjonalt reindriftssenter | 2021 | 56 | 44 | 9 | 80 | 22,2 | 11,1 | 22,2 | 33,3 | 0 | 0 | 0,0 | 0,0 |
2020 | 45 | 55 | 11 | 64 | 18,0 | 27,0 | 9,0 | 9,0 | 0 | 0 | 9,0 | 0,0 | |
Kartverket | 2021 | 53 | 47 | 833 | 86 | 1,9 | 6,5 | 1,6 | 1,9 | 45 | 55 | 1,0 | 2,9 |
2020 | 46 | 54 | 861 | 88 | 1,9 | 7,3 | 2,3 | 1,4 | 31 | 69 | 2,1 | 5,3 | |
Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit | 2021 | 66 | 34 | 178 | 96 | 0,8 | 1,7 | 1,7 | 3,3 | 32 | 68 | 1,3 | 3,2 |
2020 | 66 | 34 | 176 | 97 | 0,9 | 1,7 | 1,7 | 3,4 | 29 | 71 | 1,1 | 2,7 | |
Statsbygg | 2021 | 62 | 38 | 838 | 111 | 2,5 | 6,7 | 2,1 | 1,5 | 33 | 67 | 3,1 | 3,9 |
2020 | 63 | 37 | 867 | 110 | 3,1 | 6,8 | 1,1 | 2,5 | 34 | 66 | 3,1 | 3,9 | |
Valdirektoratet | 2021 | 61 | 39 | 32 | 104 | 0,0 | 0,0 | 9,1 | 14,3 | 41 | 59 | 0,3 | 5,9 |
2020 | 67 | 33 | 25 | 110 | 0,0 | 0,0 | 0,0 | 0,0 | 89 | 11 | 0,9 | 0,9 |
11 Gjennomgang av byggjeprosjekt mv. i statleg sivil sektor
Regjeringa varsla i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2022 ein gjennomgang av byggjeprosjekt i statleg sivil sektor. Målet er å redusere kostnadane til slike prosjekt, få betre kostnadskontroll og unngå ytterlegare press i norsk økonomi. Bakgrunnen er at statens samla investeringar på dette området har auka over fleire år og er kome opp på eit høgt nivå. Enkelte prosjekt er særleg store og kostbare. Vi er også inne i ein periode med høgt press i norsk økonomi og rask kostnadsauke. Prisauka har vore særleg høg innanfor bygg- og anleggsnæringa. I ein slik periode er det behov for å dempe statleg byggjeaktivitet.
Samtidig er det venta at handlingsrommet i budsjetta vil bli redusert framover. Det er derfor behov for å innrette bygga meir nøkternt og kun igangsette dei mest nødvendige prosjekta. Regjeringa har allereie vedtatt fleire tiltak og foreslår fleire i statsbudsjettet for 2023. Desse er nærmare omtalt under. Avslutninga av prosjektet for samlokalisering av Havforskingsinstituttet og Fiskeridirektoratet gir innsparingar på budsjettet allereie i 2023. Andre tiltak vil gi betydelege innsparingar på sikt.
Nytt regjeringskvartal
Det nye regjeringskvartalet er eit av dei største byggjeprosjekta i norsk historie. Arbeidet med nytt regjeringskvartal består av fleire prosjekt, herunder tre byggjetrinn. Nytt regjeringskvartal skal etter planen stå ferdig i 2030.
Regjeringa har gjennomgått premissar og innretning av prosjektet med mål om å redusere kostnadane. Tre tilhøyrande prosjekt er i gjennomføringsfasen, og moglegheitene for vidare bearbeiding av prosjektet avgrensast av avgjerder som er tatt i tidlege fasar.
Regjeringa har vedtatt betydelege kutt i seinare byggjetrinn av prosjektet. Det er avgjort at nytt regjeringskvartal skal vere dimensjonert for dagens antal tilsette, dvs. 4 100 tilsette. I tidlegare planar var det lagt til grunn 4 700 tilsette i 2034. To av nybygga som opphavleg var planlagt som del av byggjetrinn 3, vil ikkje bli bygd. Regjeringa vil også redusere omfanget av rehabilitering av G-blokka vesentleg.
I samband med revidert nasjonalbudsjett for 2022 blei innsparinga ved grepa i nytt regjeringskvartal anslått til 4–5 mrd. kroner. Det blir òg vist til omtale av ombygginga av Ring 1 under. Anslaga er usikre.
Ombygging av Hammersborg- og Vaterlandstunnelen (Ring 1)
Regjeringa har også gjennomgått planane for ombygginga av tunnelane på Ring 1 i samband med nytt regjeringskvartal, og har vurdert stenging som eit alternativ til ombygging. Vegstyresmaktene vurderer at stenging av tunnelane vil ha betydelege negative trafikale konsekvensar, og at dei samfunnsøkonomiske kostnadane ved stenging er høgare enn ved ombygging. Regjeringa foreslår å gå vidare med ombygging, men med eit nedskalert prosjekt.
Regjeringa har vedtatt endringar i planane for ombygging av tunnelane, som inneber ein reduksjon i anslått investeringskostnad på om lag 640 mill. kroner. Ombyggingsarbeida blir gjennomført som eit ordinært vegprosjekt i regi av Statens vegvesen, i nært samarbeid med Statsbygg. Saman med entreprenør vil ytterlegare kostnadsreduserande tiltak bli vurdert. Sjå nærare omtale under programkategori 13.00.
Samlokalisering Havforskingsinstituttet og Fiskeridirektoratet
Regjeringa har vedtatt at prosjektet for samlokalisering av Havforskingsinstituttet og Fiskeridirektoratet i Bergen blir avslutta. Samlokaliseringsprosjektet hadde ei anslått kostnadsramme på 3,2 mrd. 2020-kroner. Nærings- og fiskeridepartementet vil sette i gang ei konseptvalutgreiing for å vurdere ivaretaking av dei bygningsmessige behova til Havforskingsinstituttet i Bergen. Behovet for nye lokalitetar vil inngå i utgreiinga. Sjå omtale under kap. 900 i Prop. 1 S (2022–2023) for Nærings- og fiskeridepartementet.
Rehabilitering av Nationaltheatret
Stortinget løyva i statsbudsjettet for 2018 midlar til igangsetting av forprosjektering av rehabilitering av Nationaltheatret. Statsbygg sitt siste anslag for kostnadsramme for prosjektet er 4,6 mrd. 2022-kroner, ei betydeleg auke samanlikna med anslaget ved oppstart av forprosjektet i 2018.
Regjeringa har i 2022 vedtatt å gjennomgå og utgreie prosjektet vidare før det ev. blir fremma forslag om gjennomføring. Utgreiinga inkluderer eit nullalternativ som berre omfattar nødvendige tiltak for at bygget skal ha ein akseptabel standard for vidare drift. Arbeidet med utgreiing og sikring er igangsett i 2022. Regjeringa vil vidareføre arbeidet i 2023 og foreslår midlar til vidare utgreiing av prosjektet og sikringstiltak i 2023. Sjå nærare omtale under kap. 322 i Prop. 1 S (2022–2023) for Kulturdepartementet og kap. 530 i programkategori 13.30.
NTNU Campussamling
Regjeringa har vedtatt å redefinere prosjektet for NTNU Campussamling. Det redefinerte prosjektet blir konsentrert om å flytte fagmiljøa på Dragvoll til Gløshaugen. Dette er ei forenkling av det opprinnelege prosjektet, med ein reduksjon i areala for nybygg og rehabilitering på om lag 30 pst. Forventa kostnad er om lag halvert, til om lag 6 mrd. kroner. Sjå nærare omtale under kap. 260 i Prop. 1 S (2022–2023) for Kunnskapsdepartementet og kap. 530 i programkategori 13.30.
Bygg i universitets- og høgskulesektoren
Regjeringa greier ut alternativ for betre insentiv i vurderinga og gjennomføringa av nye bygg ved dei sjølvforvaltande institusjonane i universitets- og høgskulesektoren gjennom kapitalbelastning og vil kome tilbake til saka overfor Stortinget på ein eigna måte. Regjeringa vil òg greie ut og eventuelt teste ut alternativ til den noverande modellen for byggjeprosjekt i statleg sivil sektor i universitets- og høgskulesektoren.